St.meld. nr. 13 (2005-2006)

Kredittmeldinga 2005

Til innhaldsliste

4 Verksemda til Noregs Bank i 2005

4.1 Årsmeldinga for 2005

Årsmeldinga 2005 for Noregs Bank blei behandla og godkjend i hovudstyremøtet 1. mars 2006. Etter § 30 i «lov av 24. mai 1985 nr. 28 om Norges Bank og pengevesenet» (sentralbanklova) skal årsmelding og årsrekneskap sendast til departementet, som så skal leggje dei fram for Kongen og gjere dei kjende for Stortinget. Etter § 15b i instruks skal Riksrevisjonen «rapportere til Stortinget mulige bemerkninger til statsrådens myndighetsutøvelse overfor Norges Bank». Årsmeldinga følgjer denne meldinga som utrykt vedlegg.

Det følgjer av sentralbanklova § 2 fjerde ledd annet punktum at «Riksrevisjonen fører kontroll med statsrådens myndighetsutøvelse etter lov 7. mai 2004 nr. 21 om Riksrevisjonen og innstruks. Etter § 12 i denne instruksen skal statsråden «snarest mulig etter at Norges Banks årsregnskap og årsberetning er mottatt i departementet oversende til Riksrevisjonen:

  1. bankens årsregnskap, fastsatt av representantskapet, med revisjonens beretning

  2. hovedstyrets årsberetning

  3. representantskapets uttalelse om hovedstyrets protokoller og eventuelt om andre forhold vedrørende banken, og

  4. statsrådens beretning vedrørende departementets og regjeringens myndighetsutøvelse i saker som gjelder Norges Bank.»

Departementet sender dokumenta som er nemnde i instruksen § 12 a-c, til Riksrevisjonen når departementet har motteke dei frå Noregs Bank. Riksrevisjonen får også gjenpart av den korrespondansen som skjer mellom departementet og Noregs Bank i saker om instruksjon og saker der ein let vere å instruere. Norges Bank ble ikke instruert med hjemmel i sentralbankloven § 2 tredje ledd i år 2005.

4.1.1 Leiing og administrasjon

4.1.1.1 Hovudstyret

Hovudstyret har sju medlemmer som er oppnemnde av Kongen, jf. § 6 i sentralbanklova. Sentralbanksjefen er leiar og visesentralbanksjefen nestleiar i hovudstyret. Hovudstyret blir supplert med to medlemmer som representerer dei tilsette i banken, når styret har oppe administrative saker. Hovudstyret hadde 16 møte i 2005.

Hovudstyret var i 2005 samansett slik (vararepresentantar i parentes):

  • Sentralbanksjef Svein Gjedrem, leiar

  • Visesentralbanksjef Jarle Bergo, nestleiar

  • Avdelingsdirektør Vivi Lassen (siviløkonom Kari Broberg)

  • Administrerande direktør Liselott Kilaas (professor Per Christiansen)

  • Dagleg leiar Brit K. Rugland (professor Inger Johanne Pettersen)

  • Førsteamanuensis Øystein Thøgersen (førsteamanuensis Ingunn Myrtveit)

  • Professor Asbjørn Rødseth (cand.oecon. Einar Forsbak)

Representantar for dei tilsette:

  • Sonja Blichfeldt Myhre (Einar Alnes)

  • Jan Erik Martinsen (Sven Odd Rotbæk)

4.1.1.2 Representantskapet

Stortinget oppnemner eit representantskap med 15 medlemmer og vel leiar og nestleiar for to år, jf. sentralbanklova § 7.

Representantskapet var i 2005 samansett slik (vararepresentantar i parentes):

  • Skolesjef Mary Kvidal, leiar (farmasøytisk rådgivar Anne Strifeldt)

  • Dagleg leiar Solveig Nordkvist, nestleiar (skoleassistent Liv Stave)

  • Skipsreiar Jens Marcussen (kommunalråd Liv Røssland)

  • Grosserar Hakon Lunde 1 (banksjef Dag Sandstå)

  • Kommunalråd Terje Ohnstad (lærar Ragnhild Weiseth) 2

  • Direktør Tom Thoresen (statsautorisert revisor Hans Kolstad)

  • Siri Frost Sterri (ordførar Knut Flølo)

  • Komitéleiar Anne Tingelstad Wøien (advokat Steinulf Tungesvik)

  • Ordførar Trude Brosvik (dagleg leiar Steinar Løsnesløkken)

  • Rektor Eva Karin Gråberg (LO-sekretær Jan Elvheim)

  • Lektor Runbjørg Bremset Hansen (student Camilla Bakken Øvald)

  • Fylkespolitikar Pål Julius Skogholt (miljøarbeidar Karin Westhrin)

  • Dekan Hans Petter Kvaal (politisk rådgivar Arent Kragh)

  • Politikar Oddleif Olavsen (Kjellaug Nakkim)

  • Konsulent Kåre Harila (fylkespolitikar Liv Sandven)

4.1.1.3 Bruken av ressursar i Noregs Bank

Noregs Bank har i brev 23. februar 2006 til Finansdepartementet gjort greie for utviklinga i ressursbruken. Der står det mellom anna:

«Noregs Bank legg vekt på at sentralbanken skal utføre oppgåvene sine med høg kvalitet og til låge kostnader. Verksemda skal vere veldriven, prega av høgt etisk medvit og i samsvar med beste internasjonale praksis. Banken skal vise vilje og evne til endring.

Banken har dei siste åra konsentrert verksemda om kjerneoppgåvene pengepolitikk, finansiell stabilitet og kapitalforvaltning, samt drifts- og støtteoppgåver i nært samband med desse funksjonane. Dette har resultert i betydelege omstillingar dei seinare åra. Kontanthandteringa og produksjonen av setlar og mynt stod for inntil få år sidan for ein stor del av bankens verksemd og ressursbruk. I 2001 blei det vesentlegaste av kontanthandteringa skilt ut i eit eige selskap (Norsk Kontantservice AS), eigd i fellesskap mellom Noregs Bank og fleire private bankar. Ved årsskiftet 2005/2006 selde Noregs Banks seg heilt ut av selskapet. Den Kongelege Mynt blei seld i 2003, og setelproduksjonen i banken vil bli avvikla i 2007. Talet på kontantdepot blei i 2005 redusert frå elleve til fem. IT-funksjonar i samband med Noregs Banks oppgjerssystem er sett ut til andre. Gjennom 2005 var det ei vidare tilpassing av organisasjonen med konsentrasjon om kjerneoppgåvene. Arbeidet med utanlandsbetalingsstatistikken blei overført til Statistisk sentralbyrå (SSB) våren 2005. Stabs- og støttefunksjonane i banken vil bli ytterlegare reduserte fram mot 2008.

Ved utgangen av 2005 var det i alt 547 fast tilsette i Noregs Bank, mot 563 ved utgangen av 2004 og om lag 1150 ved utgangen av 1998.

I kapitalforvaltninga har det vore ein jamn auke i talet på tilsette dei siste åra. Dette kjem særleg av den sterke veksten i forvaltningskapitalen i Statens pensjonsfond – Utland med utvida satsing på aktiv forvaltningsstrategi internt i organisasjonen. Talet på fast tilsette i kapitalforvaltninga ved utgangen av 2005 var 128, mot 118 året før. Ein ventar vidare vekst dei nærmaste åra.

Omstillingane i banken har konsekvensar for dei tilsette som blir råka. For å dempe verknadene har banken teke i bruk ulike personalpolitiske tiltak, så som sluttvederlag, utdanningspermisjon, venteløn og førtidspensjon. I perioden frå 1999 til utgangen av 2005 blei det inngått i alt 305 avtaler om avgang ved bruk av personalpolitiske tiltak. I 2005 fekk 24 medarbeidarar i ulike delar av banken godkjent søknader om avgang ved bruk av slike tiltak.

Dei samla kostnadene ved omstilling i perioden 1999 til 2005 utgjer om lag 375 millionar kroner. Hovudtyngda skriv seg frå avtaler som kom i stand i 2000 og 2001. Det har dei seinare åra vore ein markant nedgang i omstillingskostnadene.

Omstillingane og nedgangen i talet på tilsette fører også med seg at det blir ledige lokale ved hovudkontoret. Det blei i 2004 sett i gang førebuingar med sikte på omdisponering og utleige av dei areala som vil bli ledige etter at verksemda til seteltrykkeriet blir avvikla i 2007. Hausten 2005 blei det forhandla med ein potensiell leigetakar om leige av den største parten av lokala. Forhandlingane er no i sluttfasen. Leigeavtalen vil innebere ei omfattande ombygging. Mellom anna blir seteltrykkeriets noverande industrilokale bygd om til kontorlokale. Under behandlinga av budsjettet for 2006 gav representantskapet si tilslutning til prosjektet med ei kostnadsramme på 273 millionar kroner. Dei ombygde lokala skal etter planen stå ferdige for innflytting hausten 2008. Prosjektet har ei akseptabel, men ikkje høg forventa avkasting.

Netto ressursbruk til bankens eigen drift har reelt sett, målt mot konsumprisindeksen, falle med om lag 25 prosent sidan 1998. Omstillingskostnadene er da haldne utanfor. Netto ressursbruk er òg redusert frå 2004 til 2005. Nedgangen er mellom anna knytt til lågare kostnader innanfor setel- og myntområdet samt at utanlandsbetalingsstatistikken er overført til SSB. Kostnadene ved forvaltninga av Statens pensjonsfond - Utland blir dekte gjennom inntekter frå forvaltningsavtala med Finansdepartementet.

Nedgangen i ressursbruken dei siste åra kjem av effektivisering, meir korrekt prising av tenester og at oppgåver er fasa ut.»

For vidare omtale av ressursbruken i Noregs Bank viser vi til banken si årsmelding for 2005.

4.1.2 Nærmare om verksemda til Noregs Bank i 2005

Etter sentralbanklova § 1 skal Noregs Bank mellom anna vere utøvande og rådgivande organ i penge-, kreditt- og valutapolitikken. Banken skal gi ut setlar og mynt og fremme eit effektivt betalingssystem. Vidare skal banken overvake penge-, kreditt- og valutamarknadene. Det følgjande er ei framstilling av verksemda til Noregs Bank i 2005. Framstillinga byggjer i stor grad på årsmeldinga frå Noregs Bank. Sjå årsmeldinga for ein meir utfyllande gjennomgang.

4.1.2.1 Kapitalforvaltning

Noregs Bank forvaltar bankens valutareservar og har ansvaret for den operative forvaltninga av Statens petroleumsfond (frå 1. januar 2006 Statens pensjonsfond – Utland) på vegner av Finansdepartementet. I tillegg forvaltar Noregs Bank Statens petroleumsforsikringsfond for Olje- og energidepartementet. Ved utløpet av 2005 forvalta Noregs Bank 1 666 milliardar kroner i dei internasjonale kapitalmarknadene, på grunnlag av rekneskapsførte verdiar i Noregs Banks rekneskap. Dei to største fonda er Statens pensjonsfond – Utland på 1 399 milliardar kroner og Noregs Banks valutareservar på 253 milliardar kroner.

Den faktiske avkastninga på Pensjonsfondet i 2005 blei 11,09 prosent målt i fondet si valutakorg. Svekking av den norske krona mot dei valutaene fondet er investert i, resulterte i ei høgare avkastning på 14,28 prosent målt i norske kroner. Det er avkastninga i dei internasjonale valutaene som er relevant for å måle utviklinga av fondet si internasjonale kjøpekraft. Målt over dei ni heile åra sidan Pensjonsfondet sin internasjonale portefølje først blei tilført midlar, har den årlege nominelle avkastninga vore på 6,3 prosent rekna i forhold til fondet si valutakorg. Netto realavkastning etter frådrag for prisstigning og forvaltningskostnader har vore på 4,5 prosent pr. år.

Avkastninga i 2005 var 1,10 prosentpoeng høgare enn avkastninga på referanseporteføljen. Noregs Banks verdiskaping i forvaltninga kan reknast ut ved at ein samanliknar den faktiske avkastninga med det som kunne vore oppnådd ved berre å kopiere referanseporteføljen. Både kostnader og avkastning har vore høgare enn det ein ville fått ved passiv forvaltning. I 2005 var netto verdiskaping rekna på denne måten 1,05 prosentpoeng, eller 11,4 milliardar kroner. I sum over dei åtte siste åra har verdiskapinga vore på 24,2 milliardar kroner.

Verdien av Pensjonsfondet auka i 2005 med 383 milliardar kr. Ut frå overslag av overskotet i statsrekneskapen blei det gjennom året tilført midlar for 221,3 milliardar kroner frå Finansdepartementet, før forvaltningsgodtgjersle for 2004 var trekt ifrå. Endeleg storleik på overføringa til Pensjonsfondet vil gå fram av statsrekneskapen for 2005, som vil bli lagd fram 28. april 2006. Netto avkastning utan omsyn til valutakursgevinstar/-tap var 128,8 milliardar kroner. Verdien av dei valutaene fondet er investert i, auka i forhold til norske kroner, noko som medverka til ein auke av kroneverdien med 33,6 milliardar kroner.

Noregs Bank forvalta i 2005 Statens pensjonsfond – Utland med grunnlag i «lov av 22. juni 1990 nr. 36 om Statens petroleumsfond», som frå 1. januar 2006 blei erstatta av «lov 20. desember 2005 nr. 123 om Statens pensjonsfond – Utland». Forvaltninga i 2005 var i tråd med forskrifta for Pensjonsfondet som var fastsett av Finansdepartementet. Departementet har fastsett ein referanseportefølje for fondet som inneheld 40 prosent eigenkapitalinstrument og 60 prosent renteberande instrument. I 2005 blei, etter råd frå Noregs Bank, rentedelen av referanseporteføljen utvida med inflasjonsindekserte obligasjonar.

Finansdepartementet fastsette hausten 2004 nye etiske retningslinjer for investeringane til Pensjonsfondet. Noregs Banks hovudstyre vedtok etter det felles retningslinjer for korleis eigarskap skal utøvast i aksjeporteføljane i Pensjonsfondet og valutareservane. Noregs Banks retningslinjer tek sikte på at forvaltninga av eigarskapen skal vere ein integrert del av investeringsaktivitetane, der siktemålet er å oppnå høg avkastning. Det blir lagt særleg vekt på at Noregs Banks prinsipp for utøving av eigarskap skal vere kjende i dei føretaka der banken eig aksjar, og at styra i føretaka arbeider i samsvar med internasjonalt hevdvunne prinsipp for god styring av verksemder. Gjennom 2005 har banken i stor grad trappa opp aktivitetane som er knytte til eigarskap. Det er lagt opp til å kunne røyste på generalforsamlingane i dei aller fleste av selskapa i porteføljane. For å sikre ei konsistent røystgjeving har banken overteke utøvinga av røysterett frå alle eksterne porteføljeforvaltarar. Det er bygd opp ei eiga gruppe innanfor aksjeforvaltninga som skal ta hand om dei ulike funksjonane i utøvinga av eigarskapen.

I brev til Finansdepartementet av 11. mars 2005 føreslo hovudstyret ei rekkje endringar i rammeverket for forvaltninga av Pensjonsfondet. Banken foreslo mellom anna å fjerne kravet til minimum kredittvurderingskarakter av rente­berande papir i porteføljen og ei fjerning av øvre og nedre grense for durasjon. Det blei også foreslått å tillate investeringar i fleire instrumenttypar og råvarekontraktar. Departementet følgde opp dei fleste av desse forslaga i Nasjonalbudsjettet 2006. Det blei samtidig sett eksplisitte krav til verdifastsetjing, risikostyring og rapportering. Banken hadde føreslege å auke grensa for eigardel i det enkelte selskap frå 3 prosent til 10 prosent. Her fann departementet at maksimalgrensa kunne aukast til 5 prosent no. Det vil seinare kunne bli aktuelt å vurdere grensa på nytt. Departementet fann at det framleis burde vere ei liste med land som fondet kan investerast i. Ein vil arbeide vidare med sikte på ei eventuell utviding av kva land fondet kan investere i.

For vidare omtale av verksemda viser vi til årsmeldinga for Statens pensjonsfond – Utland for 2005.

Noregs Banks hovudstyre har fastsett retningslinjer for forvaltninga av valutareservane. Investeringsporteføljen utgjer den største delen av valutareservane. Dei to andre delporteføljane er pengemarknadsporteføljen og petrobufferporteføljen. I mai 2005 vedtok hovudstyret nokre endringar i det operative rammeverket for investeringsporteføljen. Endringane samsvarer i det store og heile med det som blei føreslått for Pensjonsfondet, jf. omtale ovanfor. Formålet var dels å forenkle gjennomføringa av forvaltninga og dels å gjere det mogleg å oppnå noko høgare avkastning ved at investeringsuniverset blir utvida. Lista over tillatne land og valutaer for investeringsporteføljen sine plasseringar er etter dette vesentleg lengre, og rentepapira i porteføljen må ikkje lenger oppfylle eit minstekrav til kredittvurdering. Hovudstyret har vidare auka grensa for største eigardel i eitt enkelt selskap til 5 prosent. Desse endringane er, på same måte som for SPU, motsvara av meir omfattande krav til styring av risikoen i den operative forvaltninga.

I november 2005 vedtok hovudstyret å auke aksjedelen i investeringsporteføljen frå 30 til 40 prosent. Aksjedelen blei sist gong vurdert i 2002. Reservane har sidan vakse og er no store i forhold til det ein treng for å dekkje beredskapsbehovet. Det gjer at ein kan leggje større vekt på å oppnå god avkasting på lengre sikt innanfor ein akseptabel risiko. Hovudstyret har òg vedteke endringar i regionfordelinga. Frå tidlegare er inflasjonsindekserte obligasjonar tekne inn i porteføljen. I sum gir den nye samansetninga av referanseporteføljen berre små endringar i risikotakinga. Noregs Banks eigenkapital er no vesentleg større enn han var i 2002, og ramma for eigenkapitalen speglar betre risikoen i valutareservane. Det inneber at bankens evne til å bere risiko har auka.

I 2005 var avkastninga på investeringsporteføljen 9,08 prosent målt i porteføljens valutakorg. Avkastninga var 12,30 prosent målt mot norske kroner. Det var 0,35 prosentpoeng høgare enn avkastninga på referanseporteføljen når ein justerer for skatt på betalt utbytte.

Det er ingen endringar i forvaltninga av pengemarknadsporteføljen og petrobufferporteføljen.

Marknadsverdien av Statens petroleumsforsikringsfond var ved utgangen av 2005 på 14,2 milliardar kroner. Fondet hadde i 2005 ei avkastning på 4,28 prosent målt i utanlandsk valuta, og 6,63 prosent når ein måler i norske kroner. Dette var 0,14 prosentpoeng høgare enn avkastninga på den referanseporteføljen som Olje- og energidepartementet har definert.

Det er bygd opp kontrollapparat for investeringsverksemda både innanfor områda for kapitalforvaltning og pengepolitikk, og i andre delar av sentralbanken. Rekneskapen for alle fonda blir revidert av Noregs Banks Revisjon. Det er gjort nærmare greie for kapitalforvaltninga i Noregs Bank i banken si årsmelding. Forvaltninga av Statens pensjonsfond er også omtala i statsrekneskapen og i ei eiga årsmelding for fondet.

Etter avtale mellom Finansdepartementet og Noregs Bank yter banken tenester som rådgivar, tilretteleggjar og betalingsagent i samband med opptak og forvaltning av dei statslåna som blir omsette i den innanlandske marknaden. Det blei halde 19 auksjonar av statspapir i 2005. Noregs Bank har inngått avtalar med ei gruppe av primærhandlarar, som til kvar tid har plikt til å stille bindande kjøps- og salskursar på både statsobligasjonar og statskassevekslar for visse beløp på Oslo Børs. Som motyting for å stille bindande kursar kan primærhandlarane låne statspapir i ein avgrensa periode.

Staten tok i juni 2005 i bruk rentebyteavtalar i den innanlandske gjeldsforvaltninga. Ein rentebyteavtale er ein avtale mellom to partar om å byte framtidige rentebetalingar som er knytte til ein bestemt hovudstol. Noregs Bank utfører dei operative funksjonane i samband med inngåing av rentebyteavtalane på vegner av Finansdepartementet. Dei kommersielle avgjerdene blir tekne av departementet.

4.1.2.2 Finansiell stabilitet – overvaking av finansmarknadene

Det finansielle systemet er samansett av finansinstitusjonar, finansmarknader og betalingssystem. Finansiell stabilitet inneber at det finansielle systemet er robust overfor forstyrringar i økonomien, slik at det er i stand til å formidle finansiering, utføre betalingar og omfordele risiko på ein tilfredsstillande måte.

Overvakinga av finansmarknadene blir framstilt i rapporten «Finansiell stabilitet», som blir gitt ut to gonger i året. Formålet med rapporten er å gi ei samla vurdering av situasjonen i og utsiktene for finansiell sektor med særleg vekt på bankane og deira evne til å møte kraftige forstyrringar i økonomien. Hovudkonklusjonane i rapporten blir oppsummerte i eit eige brev til Finansdepartementet. Rapporten skal òg medverke til dialog med finansnæringa om tilhøve som kan skape ubalansar i det finansielle systemet, og informere allmenta om denne typen spørsmål.

Utsiktene for finansiell stabilitet var samla sett tilfredsstillande på kort sikt ved utgangen av 2005 og noko betre enn då året byrja. Norske bankar hadde gode rekneskapsresultat i 2005, i hovudsak som følgje av små tap på utlån. Føretaka hadde høg inntening og lønnsemd. Den finansielle stillinga i hushalda er god. Inntektene har auka dei siste åra. Låge renter har verka til låge renteutgiftar. Arbeidsløysa har blitt mindre, og det er utsikt til at ho framleis kjem til å gå ned. Det er derfor liten risiko for at tap på utlån frå bankane skal auke mykje i den nærmaste tida.

Gjelda i hushaldssektoren held fram å vekse. Gjeld i forhold til disponibel inntekt er høgare no enn på slutten av 80-talet. Sterk auke i bustadprisane har verka til gjeldsveksten. Erfaringane viser at auka bustadprisar har nokså langvarige verknader på gjeldsutviklinga. Den høge veksten i bustadprisane kan dermed verke til gjeldsvekst i hushaldssektoren dei nærmaste åra, sjølv om veksten i bustadprisane skulle bli mindre. Det gir risiko for ei mindre stabil økonomisk utvikling og auka tap på utlån for bankane på lengre sikt.

Noregs Bank legg vekt på utsiktene for finansiell stabilitet i rentesetjinga. Renta påverkar gjeldsutviklinga i hushalda og føretaka og prisane på viktige formuesobjekt som bustader og aksjar. Prisane på eigedommar har stige sterkt, og gjeldsoppbygginga i hushalda kan vere ein risiko for den økonomiske stabiliteten.

Finansmarknadene i ulike land har blitt meir integrerte. Det stiller sterkare krav til samarbeid om beredskap og behandling av kriser. I Norden held sentralbankane og tilsynsstyresmaktene fram samarbeidet om tilsyn og behandling av kriser i grensekryssande bankar. Det er auka søkjelys på dette også innanfor EU, jamfør avtalar mellom finansdepartement, sentralbankar og tilsynsstyresmakter i medlemslanda om samarbeid i finansielle krisesituasjonar. Kredittilsynet og Noregs Bank har i brev til Finansdepartementet 16. desember 2005 teke til orde for at Noreg sluttar seg til denne EU-avtalen om samarbeid mellom sentralbankar, tilsyn og finansdepartement, og at dei tre institusjonane held trepartsmøte kvart kvartal for å drøfte utsiktene for finansiell stabilitet, samordning av beredskap for kriser og viktige forhold knytte til rammevilkåra for finansiell sektor.

IMF etablerte i 1999, i samarbeid med Verdsbanken, eit såkalla Financial Sector Assessment Program (FSAP). FSAP skal hjelpe landa å identifisere og utbetre strukturelle veikskapar i finansiell sektor for å kunne styrkje evna til å stå imot makroøkonomisk uro og ringverknader av økonomisk uro i andre land. Dei fleste medlemslanda i IMF har hatt ein FSAP-gjennomgang av finanssektorane sine. Det blei gjennomført FSAP-gjennomgang for Noreg hausten 2004 / våren 2005. Det blei halde møte med norske styresmakter (Finansdepartementet, Kredittilsynet og Noregs Bank) og ei rekkje finansinstitusjonar og bransjeorganisasjonar. IMF la særleg vekt på standardane innanfor banktilsyn, forsikringstilsyn, betalingssystemet og tiltak mot kvitvasking og terrorfinansiering. Vurderingane av det finansielle systemet i Noreg var generelt positive. Det blei konkludert med at «Norway’s financial system appears sound, well managed and competitive, and shorter-term vulnerabilities appear low overall». Nærmare orientering om IMFs vurderingar er gitt i omtalen av IMFs verksemd, sjå kapittel 7.

4.1.2.3 Betalingssystem og betalingsmiddel

Noregs Bank har eit overordna ansvar for å fremme robuste og effektive betalingssystem. Slike system er viktige både for den finansielle infrastrukturen og for utøvinga av pengepolitikken. Noregs Bank har ulike verkemiddel for å påverke utviklinga i betalingssystema. Det viktigaste er konsesjons- og tilsynsansvaret etter «lov om betalingssystem av 17. desember 1999».

I juni 2003 inngjekk Noregs Bank ein avtale med ErgoIntegration AS (no ErgoGroup AS) om drift og forvaltning av IT-systema som er knytte til oppgjerssystemet i Noregs Bank. Sjølve IT-drifta blei overført i 2004. Avtalen gjeld i tre år fram til 1. september 2007 med rett for Noregs Bank til å forlengje avtalen med ytterlegare tre år. I 2005 har IT-drifta i hovudsak vore tilfredsstillande og hatt same kvalitet som i åra før.

Noregs Bank har arbeidd vidare med å fornye oppgjerssystemet i 2005. Årsaka til dette er at oppgåvene til oppgjerssystemet er blitt endra sidan IT-systema blei utvikla, og at den teknologiske levetida til desse systema nærmar seg slutten. Fornyinga av oppgjerssystemet inneber at det blir etablert åtskilde systemløysingar for interbank-oppgjerssystemet og statens konsernkonto. Det blei innhenta tilbod frå moglege leverandørar om nye løysingar for desse to systema i 2005 etter «lov om offentlege innkjøp». Tingingane med aktuelle leverandørar vil truleg bli avslutta tidleg i 2006. Noregs Bank tek sikte på at nytt system og driftsløysing for statens konsernkonto blir sett i drift hausten 2006. Nytt interbank-oppgjerssystem vil etter planen bli sett i drift i 2008.

Deltaking i betalingssystema kan utsetje bankane for kredittrisiko og likviditetsrisiko. Ein sentral del av Noregs Banks arbeid for eit effektivt og sikkert oppgjerssystem er å redusere risikoen for at solvens- eller likviditetsproblem skal spreie seg mellom bankane som tek del i betalingssystemet.

Bankane godskriv no kundekonti etter at dei sjølve har teke imot oppgjer. Det er derfor liten kredittrisiko i det norske betalingssystemet. Likviditeten i samband med oppgjera har generelt vore god i 2005, og likviditetsrisikoen er på eit lågt nivå. Noregs Bank vurderer heile tida om det trengst tiltak i høve til system som ikkje har tilstrekkeleg vektlegging av operasjonell risiko, og samarbeider med Kredittilsynet om dette.

Noregs Bank yter lån til bankane ved gjennom­føringa av pengepolitikken og betalingsoppgjera. Låna blir gitt mot pant i verdipapir. Noregs Bank har godteke eit breitt spekter av verdipapir som pant, men hausten 2005 blei regelverket endra med sikte på å redusere Noregs Banks risiko. Det nye regelverket innfører krav om kredittvurdering av norske føretaksobligasjonar. Det blir stilt same krav til storleiken på uteståande volum for norske bankobligasjonar som for norske føretaksobligasjonar. Marknadsverdiar blir no brukte som grunnlag for å rekne ut kor mykje ein bank kan låne. Samstundes er avkortingssatsane reduserte. Desse endringane gjer at bankane kan låne meir enn før. Dei bankane som har ei stor behaldning av norske bank- og føretaksobligasjonar, kan få redusert tilgang til lån. Nokre av dei nye reglane vil derfor først tre i kraft etter ein overgangsperiode på to år.

«Lov om betalingssystem» gir Noregs Bank konsesjons- og tilsynsansvar for system for avrekning og oppgjer av pengeoverføringar mellom bankar. Konsesjonsarbeidet har i 2005 vore ført vidare etter same opplegg som tidlegare år. Stabiliteten i systema blir følgd opp gjennom dei driftsrapportane som konsesjonshavarane sender inn. I tillegg er det jamleg kontakt, og det blir halde faste tilsynsmøte. I 2005 rapporterte konsesjonshavarane for første gong etter dei utvida rapporteringskrava om tiltak mot operasjonell risiko som blei fastsette sommaren 2004. I 2005 fekk DnB NOR ein konsesjon i staden for dei konsesjonane som DnB og Gjensidige NOR Sparebank fekk i 2001. Den nye konsesjonen gjeld frå det nye systemet blir sett i drift i første halvår 2006.

Som eit ledd i sitt Financial Sector Assessment Program for Noreg vurderte IMF kva for interbanksystem som skal evaluerast opp mot dei ti hovudprinsippa for viktige betalingssystem (Core Principles for Systemically Important Payment Systems) som BIS tilrår blir lagde til grunn. IMF kom fram til at dette berre gjeld Noregs Banks oppgjerssystem (NBO), og fann at dette systemet oppfyller BIS-prinsippa fullt ut. I tillegg til dei ti prinsippa har BIS også utarbeidd fire tilrådingar for sentralbankane si overvaking av viktige betalingssystem. IMF peika på at Noregs Bank bør etablere tilsvarande prosedyrar for overvaking av sentralbankens eige system som det ein nyttar for system som Noregs Bank fører tilsyn med etter betalingssystemlova. Formalisert overvaking av Noregs Banks oppgjerssystem vil bli gjennomført tidleg i 2006. Nokre av tilrådingane krev endringar i dei private oppgjerssystema. Noregs Bank har drøfta desse med banknæringa. Nokre punkt har dei allereie vedteke å gjennomføre, mens andre punkt framleis er til vurdering.

IMF gjekk òg gjennom systemet for verdipapiroppgjer og tilrådde at det bør gjennomførast tiltak for å redusere marknads- og likviditetsrisikoen i tilfelle ein garantibank ikkje kan innfri gjelda si i oppgjeret. Verdipapirsentralen ASA, Kredittilsynet og Noregs Bank har saman sett på moglege tiltak for å imøtekome tilrådingane frå IMF. Dette arbeidet vil halde fram i 2006.

Noregs Bank gir kvart år ut «Årsrapport om betalingsformidling». Rapporten er ein viktig del av Noregs Banks overvaking av betalingssystemet. Den gir ei årleg oppdatering av utviklingstrekk og prisar i betalingsformidlinga. Viktige aktørar i det norske betalingssystemet leverer dei data som rapporten byggjer på. Store mengder statistikk blir henta inn og systematisert for kvar ny rapport. Derfor blir ikkje rapportane ferdigstilte før i april/mai kvart år. Informasjonen nedanfor er derfor henta frå rapporten for 2004.

Bruk av Internett for betaling av rekningar (nettbank) er den betalingstenesta som veks fortast i Noreg. I 2004 auka talet på giroar som blir betalte på denne måten, frå 102 millionar til 138 millionar. Bruken av elektronisk fakturering (eFaktura) veks òg raskt. Stadig færre rekningsbetalingar skjer ved at betalaren sender giroar per brev eller leverer dei i banklokalet. I internasjonal samanhang er bruken av betalingskort i Noreg svært høg. Kortbruken er blitt meir enn dobla dei siste fem åra, og betalinga skjer no i stor grad elektronisk. I 2004 blei det registrert i alt 785 millionar korttransaksjonar til varekjøp og kontantuttak i minibank. Ein kan betale med kort stadig fleire stader.

Prisen for ein «gjennomsnittleg» betalingstransaksjon har falle dei seinare åra jamvel om listeprisar for nokre betalingstenester har auka. Dette kjem av at kundane over ein tidsperiode i større grad har teke i bruk dei relativt rimelegare elektroniske alternativa. I årsrapporten frå Noregs Bank blir det understreka at prisane er viktige for å oppnå eit effektivt betalingssystem. I Noreg har prisar som samsvarer med dei relative kostnadsskilnadene mellom ulike betalingstenester, gjort sitt til ein snøggare overgang frå papirbaserte til elektroniske betalingstenester og dermed til at ressursane blir nytta meir effektivt i denne delen av økonomien.

Grensekryssande kundebetalingar er ofte meir kostbare og tidkrevjande å utføre enn innanlandske betalingar. Prisane kundane betaler for å gjennomføre slike betalingar, er mykje høgare enn prisane for innanlandske betalingar. EU har innført ei forordning som seier at prisane på grensekryssande betalingar i euro ikkje skal vere høgare enn tilsvarande innanlandske eurobetalingar. 3 Forordninga blei gjord gjeldande i norsk lov frå 1. januar 2005. Noregs Bank og Kredittilsynet har etter oppmoding frå Finansdepartementet undersøkt prisane for å sjå om dette har ført til at det er blitt rimelegare å gjennomføre eurobetalingar frå Noreg til EU/EØS-land. Resultata viser at prisane for nokre tenester har falle.

EU-kommisjonen presenterte i desember 2005 eit framlegg til direktiv som har som formål å skape eit nytt, moderne og harmonisert lovgrunnlag for ein integrert betalingsmarknad i EU. Direktivet vil gjelde alle EU-land og deira valutaer og vil skape ei lovmessig plattform for utviklinga mot eit sameint europeisk betalingsområde (SEPA – Single Euro Payments Area). Direktivforslaget må reknast å vere EØS-relevant.

Setlar og myntar

Gjennomsnittsverdien av setlar og myntar i omløp målt som eit 12 månaders gjennomsnitt steig på 1990-talet og minka svakt frå 2000 til 2003. Denne trenden snudde i 2004 då omløpet auka med litt meir enn fem prosent. I 2005 auka verdien av setlar og myntar i omløp ytterlegare med om lag fem prosent til 45,9 milliardar kroner.

Den gjennomsnittlege verdien av setlar i omløp var 41,4 milliardar kroner i 2005. Det er fem prosent meir enn i 2004. Samansetjinga av valørar er nesten ikkje blitt endra i det siste året. Verdien av myntar i omløp i 2005 var 4,5 milliardar kroner målt som eit 12 månaders gjennomsnitt. Det er ein auke på nesten fem prosent frå 2004. 20-kronermynten har fått ein noko større og 10-kronermynten ein noko mindre part av omløpet.

Det blei gitt ut to minnemyntar i 2005, ein gull- og ein sølvmynt, for å markere at det var 100 år sidan unionen med Sverige blei oppløyst. Minnemyntane er det tredje og siste paret i ein serie på seks myntar. Det første paret blei gitt ut i 2003. Minnemyntane blir gitt ut i samarbeid med Hundreårsmarkeringa – Norge 2005 AS. Selskapet blei skipa etter vedtak i Stortinget og er eigd av Kultur- og kyrkjedepartementet. Selskapet har hatt ansvar for førebuing og gjennomføring av hundreårsmarkeringa. Selskapet hadde òg ansvaret for marknadsføring og sal av minnemyntane. Samla blei det selt 29 500 gullmyntar og 192 000 sølvmyntar. Samanlikna med tidlegare sal av minnemyntar er dette eit svært godt resultat. Samla (brutto) salsverdi blei 189,8 millionar kroner.

Talet på falske setlar som blei inndregne, auka kvart år frå midten av 1990-åra og nådde ein topp i 2000 med 3 064 falske setlar. Auken kom av at det blei mange fleire fargekopimaskinar og avlesarar og skrivarar for personlege datamaskinar i samfunnet. Talet på forfalska setlar fall då Noregs Bank oppgraderte dei lågaste valørane av setelrekkja i åra frå 2002 til 2004. Talet har vore svært lågt i åra 2003–2005. Det viser at dei metalliske sikringselementa i dei setlane som er oppgraderte, har hatt god verknad.

Norsk Kontantservice AS (NOKAS) blei stifta i 2001 for å distribuere og behandle kontantar. Selskapet tok over Noregs Banks distriktsavdelingar og verksemda på dette området. Noregs Bank og private bankar eigde selskapet då det blei stifta. I 2005 vedtok Noregs Bank å selje eignelutene sine i selskapet. I januar 2006 blei dei selde til Hafslund AS. NOKAS utfører tenester på kontantområdet for Noregs Bank og private bankar. Noregs Bank kjøper behandlingstenester som er knytte til sentralbankoppgåvene, og tenester i samband med forvaltning av sentralbankdepota.

Noregs Bank har i 2004 og 2005 gått gjennom rolla si i kontantforsyninga. Utgangspunktet har vore eit ønske om at arbeids- og ansvarsdelinga mellom dei ulike aktørane skal bli så effektiv som mogeleg, og at skilnaden mellom dei ulike typane av tenester skal bli klarare. Sentralbanken ønskjer å ha ei grossistrolle i kontantforsyninga slik at dei private bankane utfører den vidare distribusjonen og omdelinga av kontantar i samsvar med det dei treng. Noregs Bank endra vilkåra for bankane sine innskot og uttak av kontantar i 2005 for å oppnå dette.

Etter at bankforeiningane har fått uttale seg, har Noregs Bank late bankane etablere private kontantdepot der dei sjølv treng det. Noregs Bank kan betale rentekompensasjon for summen av kontantar som bankane har i desse depota, ut frå fastsette vilkår. Ved årsskiftet var det etablert fem private kontantdepot rundt om i landet.

Talet på sentralbankdepot er redusert i 2005. Det er mellom anna ei følgje av at ordninga med rentekompensasjon blei etablert. Det gjer òg grossistrolla til Noregs Bank tydelegare. Depota i Bodø, Hammerfest, Kristiansand, Larvik, Lillehammer og Vardø er stengde. Noregs Bank hadde depot i Bergen, Oslo, Stavanger, Tromsø og Trondheim ved utgangen av 2005.

Noregs Banks kostnader til å skrive ut setlar og myntar har gått ned frå 149,9 millionar kroner i 2003 til 116,4 millionar kroner i 2005. Reduksjonen kjem i hovudsak av at sentralbanken har endra rolla si i systemet for distribusjon og behandling av setlar og myntar.

4.1.2.4 Statistikkproduksjon

Produksjonen av statistikk i Noregs Bank om penge-, kreditt- og valutamarknadane var prega av store endringar i 2005, både når det gjeld ansvarsområde, datainnsamling og statistikkprodukt.

Ansvarsområde og heimel

I 2001 avtala Statistisk sentralbyrå og Noregs Bank ei framtidig deling av ansvaret for statistikkar som dei to partane samarbeider om. Den avtala delinga blei gjord gjeldande frå 2005, og medførte at Noregs Bank fekk utvida ansvar for data for finansiell sektor (ekskl. forsikringssektorane o.l.) og hovudansvar for data for verdipapirmarknadene. Statistisk sentralbyrå tok over ansvaret for data for ikkje-finansielle sektorar til utanriksrekneskapen. Ein konsekvens av dette var at Noregs Banks utanlandsbetalingsstatistikk blei avvikla frå byrjinga av 2005.

Noregs Bank har ansvar for innsamling av rekneskapsdata for bankar og andre finansinstitusjonar (unnateke forsikringsføretak) til bruk for statistikkproduksjon i Noregs Bank og Statistisk sentralbyrå, og for tilsynsformål i Kredittilsynet. I 2005 har det vore arbeidd med å førebu ei større IT-teknisk omlegging av denne datainnsamlinga, inkludert korleis den felles databasen skal bli organisert. Parallelt med dette drøftar dei tre partane framtidig samarbeidsform, bruk av dataene og kostnadsdeling. Dette arbeidet vil bli ført vidare i 2006 med tanke på implementering på slutten av året.

Dei viktigaste lovheimlane for Noregs Bank si innsamling av data til statistikkformål finst dels i sentralbanklova, og dels i kredittilsynslova. Det siste har samanheng med bankens datasamarbeid med Kredittilsynet. Finansdepartementet fastsette i november 2005 ei føresegn om gjennomføring av opplysningsplikt til Noregs Bank med grunnlag i paragraf 27 i sentralbanklova. Forskrifta slår fast kven som har opplysningsplikt, og kva ein skal opplyse om, og vil gradvis bli teken i bruk for data frå og med 2006.

Finans- og verdipapirstatistikk

Noregs Bank produserer og publiserer rekneskapsstatistikk for bankar og andre finansføretak. Denne primærstatistikken er det viktigaste grunnlaget for dei månadlege indikatorane for utviklinga i publikum si gjeld og i pengemengda. I 2005 blei statistikken utvida med data til utanriksrekneskapen. Noregs Bank produserer også statistikk for verdipapir som er registrerte i VPS, for emisjonar av obligasjonar og sertifikat og for verdipapirfond. Verdipapirmarknadsstatistikken blei i 2005 utbygd med nye kjelder for delar i norske verdipapirfond og for utanlandske verdipapir. Også på dette området er statistikken tilpassa levering av data til utanriksrekneskapen. I 2005 blei det dessutan etablert ein ny statistikk for bankane sin valutahandel. Den erstattar den tidlegare statistikken over valutastraumar. Statistikk om betalingsformidling blir publisert i den årlege rapporten frå Noregs Bank om dette temaet, og banken førebur også ei omlegging av datainnsamlinga til denne statistikken frå og med 2006.

Finansielle sektorrekneskapar (FINSE)

Noregs Banks arbeid med databanken for kvartalsvise finansielle sektorrekneskapar (FINSE) blei vidareført og forbetra i 2005. Statistikken byggjer på rekneskapsstatistikken for bankar og andre finansføretak, statistikken for verdipapirmarknadene og andre kjelder. FINSE inneheld data frå utgangen av 1995 og blir brukt i modellarbeidet i banken, i pengepolitiske utgreiingar og i arbeidet med finansiell stabilitet. Årlege data frå FINSE blir rapporterte til Eurostat som del av EØS-avtalen. Statistikkproduktet finansrekneskapen for hushalda, som byggjer på FINSE, blir publisert kvartalsvis på internettsidene til banken og viser mellom anna utviklinga i hushalda sine krav, gjeld og netto finansinvesteringar.

Internasjonal rapportering og samarbeid

Noregs Bank har ei omfattande rapportering av statistikk til internasjonale organisasjonar. Banken rapporterer til BIS, Eurostat, IMF og OECD.

Noregs Bank deltek i forum der utviklinga av internasjonale statistikkstandardar og internasjonal rapportering blir drøfta. Dette skjer mellom anna i EØS-komiteen Committee on Monetary, Financial and Balance of Payments Statistics og i arbeidsgrupper under denne.

4.1.2.5 Internasjonalt samarbeid

Noregs Bank forvaltar dei finansielle rettane landet har, og oppfyller dei pliktene som følgjer av at Noreg er med i Det internasjonale valutafondet (IMF). Banken er også sekretariat for IMF-arbeidet i Noreg. Dette er ei oppgåve banken utfører på vegner av Finansdepartementet. Verksemda til IMF er nærmare omtala i kapittel 7 i meldinga.

Bank for International Settlements (BIS) har til oppgåve å fremme samarbeidet mellom sentralbankar. Sentralbanksjefen deltek jamleg på møte i BIS.

Noregs Bank har regelmessig kontakt med Den europeiske sentralbanken (ESB) og med andre sentralbankar i EU. Banken har eit omfattande samarbeid med dei nordiske sentralbankane på ei rekkje felt.

4.1.2.6 Anna verksemd – Informasjonsverksemd

Noregs Bank har ei plikt etter sentralbanklova til å «informere offentligheten om penge-, kreditt- og valutaforholdene». I tillegg ønskjer banken å oppnå breiast mogleg forståing for den pengepolitikken som blir ført, og for dei mekanismane som verkar til finansiell stabilitet, gjennom ei aktiv informasjonsverksemd.

Noregs Bank legg stor vekt på å møte aukande interesse gjennom å vere open og pårekneleg. Direkte video-overførte pressekonferansar på Internett er derfor ei fast ordning etter rentemøta i hovudstyret og ved offentleggjering av inflasjonsrapportane, rapportane om finansiell stabilitet og kvartalsrapportane til Statens pensjonsfond – Utland (tidlegare Statens petroleumsfond). Det var 15 slike pressekonferansar i 2005. Føredrag som leiinga i Noregs Bank held, blir dessutan offentleggjorde i manuskript på internettsidene til banken samtidig som dei blir haldne. I 2005 blei det lagt ut 22 føredrag.

Bruk av Internett er ein viktig del av bankens informasjonsstrategi. Internettsidene er under stadig utvikling. I tillegg til nyhendemeldingar og det som er nemnt over, har sidene mellom anna fyldig informasjon om banken sine oppgåver og ei stor mengd finansiell statistikk. Her finn ein òg elektroniske versjonar av publikasjonane som banken gir ut. Statistikk over bruken viser at det i gjennomsnitt var 454 000 «treff» per månad på sidene.

Ut over internettinformasjonen, årsmeldinga og rapportane som er nemnde over, gir Noregs Bank ut desse publikasjonane: Tidsskriftet Penger og Kreditt og den engelske versjonen Economic Bulletin blir utgitt kvartalsvis, og det kjem ein årleg rapport om betalingsformidling. Forskingsprosjekt blir dokumenterte i arbeidsnotat (Working Paper – seksten hefte i 2005), i serien Reprints (opptrykk av arbeid som medarbeidarar i banken har fått inn i internasjonale forskingstidsskrift – to hefte i 2005) og i serien Doctoral Dissertations (to hefte i 2005). Staff Memo inneheld annan dokumentasjon eller utgreiingar som inngår i banken sitt arbeid med sentrale problemstillingar, og kom med elleve utgåver, eitt trykt og ti berre på nett. Serien Norges Banks skriftserie/Occasional Paper kom med eitt hefte i 2005 – Skriftserie nr. 37 «Tilbakeblikk på norsk pengehistorie. Konferanse 7. juni 2005 på Bogstad gård».

4.2 Utøvinga av pengepolitikken i 2005

4.2.1 Innleiing

I St.meld. nr. 26 (2004–2005) Kredittmeldinga 2004, som blei lagd fram 8. april 2005, blei det gitt ei vurdering av utøvinga av pengepolitikken i 2004. I denne meldinga ser ein på utøvinga av pengepolitikken i 2005. I punkt 4.2.2 blir det gitt ein omtale av retningslinjene for pengepolitikken. I punkt 4.2.3 følgjer ein omtale av Noregs Banks eiga vurdering av utøvinga av pengepolitikken i 2005, basert på årsmeldinga frå banken. Punkt 4.2.4 gir så ein omtale av andre analysar og vurderingar av pengepolitikken, mellom anna frå OECD og Norges Bank Watch. Departementet sine vurderingar følgjer i punkt 4.2.5.

4.2.2 Retningslinjene for pengepolitikken

Etter sentralbanklova § 1 skal Noregs Bank vere eit utøvande og rådgivande organ i penge-, kreditt- og valutapolitikken. Banken skal gi ut setlar og mynt og fremje eit effektivt betalingssystem. Vidare skal banken overvake penge-, kreditt- og valutamarknadene.

I St.meld. nr. 29 (2000–2001) Retningslinjer for den økonomiske politikken , som blei lagd fram 29. mars 2001, trekte ein opp dei noverande retningslinjene for pengepolitikken. Retningslinjene blei fastsette i forskrift ved kronprinsregentens resolusjon av 29. mars 2001 med heimel i sentralbanklova § 2 tredje ledd og § 4 andre ledd, jf. boks 4.3.

Boks 4.1 Forskrift om pengepolitikken

Fastsatt ved kronprinsregentens resolusjon 29. mars 2001 med hjemmel i sentralbankloven § 2 tredje ledd og § 4 annet ledd

I

§ 1.

Pengepolitikken skal sikte mot stabilitet i den norske krones nasjonale og internasjonale verdi, herunder også bidra til stabile forventninger om valutakursutviklingen. Pengepolitikken skal samtidig understøtte finanspolitikken ved å bidra til å stabilisere utviklingen i produksjon og sysselsetting.

Norges Bank forestår den operative gjennomføringen av pengepolitikken.

Norges Banks operative gjennomføring av pengepolitikken skal i samsvar med første ledd rettes inn mot lav og stabil inflasjon. Det operative målet for pengepolitikken skal være en årsvekst i konsumprisene som over tid er nær 2,5 pst.

Det skal i utgangspunktet ikke tas hensyn til direkte effekter på konsumprisene som skyldes endringer i rentenivået, skatter, avgifter og særskilte, midlertidige forstyrrelser.

§ 2.

Norges Bank skal jevnlig offentliggjøre de vurderingene som ligger til grunn for den operative gjennomføringen av pengepolitikken.

§ 3

Den norske krones internasjonale verdi fastlegges på grunnlag av kursene i valutamarkedet. § 4

Norges Bank gir på statens vegne de meddelelser om kursordningen som følger av deltagelse i Det internasjonale valutafond, jf. lov om Norges Bank og pengevesenet § 25 første ledd.

II

Denne forskrift trer i kraft straks. Samtidig oppheves forskrift av 6. mai 1994 nr. 0331 om den norske krones kursordning.

I tråd med forskrifta skal pengepolitikken sikte mot stabilitet i den nasjonale og internasjonale verdien av den norske krona. Noregs Banks operative gjennomføring av pengepolitikken skal i samsvar med dette rettast inn mot låg og stabil inflasjon, definert som ein årsvekst i konsumprisane som over tid er nær 2,5 prosent. Av forskrifta følgjer det at pengepolitikken skal medverke til å stabilisere utviklinga i produksjon og sysselsetjing og samtidig også medverke til stabile forventningar om valutakursutviklinga. I St.meld. nr. 29 (2000–2001) står det vidare at ein ventar at konsumprisveksten som ein hovudregel vil liggje innanfor eit intervall på +/– eitt prosentpoeng rundt målet for prisstigninga. Noregs Banks rentesetjing skal vere framoverretta i tid og ta tilbørleg omsyn til uvisse som er knytt til makroøkonomiske prognosar og vurderingar. Rentesetjinga skal ta omsyn til at det kan ta tid før endringar i politikken får effekt, og ho bør sjå bort frå forstyrringar av mellombels karakter som ein meiner ikkje påverkar den underliggjande pris- og kostnadsveksten.

Den langsiktige oppgåva til pengepolitikken er å medverke til å gi økonomien eit nominelt ankerfeste. Låg og stabil inflasjon er ein viktig føresetnad for at økonomien over tid fungerer på ein måte som medverkar til vekst og velstand. Forskrifta etablerer eit fleksibelt inflasjonsmål for pengepolitikken. På kort og mellomlang sikt må ein i skjønnsutøvinga av pengepolitikken avvege omsynet til låg og stabil inflasjon mot omsynet til stabilitet i produksjon og sysselsetjing.

Forskrifta for pengepolitikken av 29. mars 2001 har gjort det naturleg at departementet si årlege vurdering av utøvinga av pengepolitikken i kredittmeldingane er blitt utvida og vidareutvikla. Ei slik utvida evaluering blei varsla i samband med Ot.prp. nr. 81 (2002–2003) om endringar i sentralbanklova, og Stortinget slutta seg til dette. Ei utvida evaluering blei første gong gjennomført i Kredittmeldinga 2002, som blei lagd fram i oktober 2003. Med utgangspunkt i forskrifta er det naturleg å vurdere pengepolitikken både ut frå omsynet til å stabilisere prisutviklinga, ut frå omsynet til å stabilisere utviklinga i produksjon og sysselsetjing, og ut frå omsynet til stabile forventningar om valutakursutviklinga.

4.2.3 Noregs Banks vurderingar av utøvinga av pengepolitikken i 2005

Verkemiddel og avvegingar i pengepolitikken

Noregs Bank påverkar den økonomiske utviklinga ved å fastsetje rentene på innskota og låna bankane har i Noregs Bank. I tillegg kan sentralbanken kjøpe eller selje kroner (intervenere) i valutamarknaden. Renta på bankinnskot over natta i Noregs Bank – foliorenta – er det viktigaste verkemidlet i pengepolitikken. Foliorenta har erfaringsmessig nokså sterkt gjennomslag på dei heilt kortsiktige pengemarknadsrentene, det vil seie dags- og vekesrentene. Marknadsrentene for plasseringar med lengre løpetider blir òg påverka av korleis marknadsaktørane ventar at foliorenta vil utvikle seg i framtida. Marknadens forventningar til foliorenta er avhengig av kva aktørane trur om den økonomiske utviklinga. Marknadsrentene innverkar både på kronekursen, prisane på verdipapir, bustadprisane, etterspørselen etter lån, investeringar og forbruk. Noregs Banks styringsrente kan òg påverke forventningane om framtidig inflasjon. Gjennom alle desse kanalane har renta innverknad på dei samla etterspørsels- og produksjonsforholda og på prisar og lønner.

Det operative målet for rentesetjinga er at veksten i konsumprisane over tid skal vere nær 2,5 prosent. Målet er framoverretta. Noregs Bank rår ikkje over verkemiddel som til kvar tid kan sikre eit bestemt nivå på inflasjonen. I årsmeldinga for 2005 seier Noregs Bank mellom anna følgjande om dette:

«Pengepolitikken virker med et tidsetterslep. Norges Bank setter renten med sikte på å stabilisere inflasjonen på målet innen en rimelig tidshorisont, normalt 1–3 år. Den aktuelle horisonten vil avhenge av forstyrrelsene økonomien er utsatt for, og hvordan de vil virke inn på forløpet for inflasjon og realøkonomi fremover.»

Noregs Bank offentleggjer regelmessig analysar og vurderingar av utsiktene for økonomien. Tre gonger i året publiserer Noregs Bank ein inflasjonsrapport. Rapporten omfattar prognosar og dei pengepolitiske vurderingane til hovudstyret. I årsmeldinga seier Noregs Bank mellom anna følgjande om dette:

«Forutsigbarhet er et viktig element i pengepolitikken. Norges Bank offentliggjør regelmessig vurderinger av utsiktene for økonomien ute og hjemme og utsiktene for bankens rente. Når aktørene forstår sentralbankens handlingsmønster, danner det et grunnlag for at markedsrentene reagerer stabiliserende på ny informasjon om den økonomiske utviklingen.

[...]

Fram til Inflasjonsrapport 2/05 var analysene basert på tekniske forutsetninger om at renten ville utvikle seg i tråd med forventningene i finansmarkedene. Siden Inflasjonsrapport 3/05 er analysene basert på bankens egen prognose for den fremtidige renten. Renteprognosen gir etter hovedstyrets vurdering en rimelig avveiing av de hensyn pengepolitikken skal ivareta.

[...]

Det er først og fremst via forventningene sentralbanken påvirker det økonomiske forløpet. Når Norges Bank offentliggjør sin renteprognose, kan det være lettere for aktørene i det økonomiske livet å forstå bankens intensjoner i rentesettingen. Det kan bidra til stabilitet i produksjon og sysselsetting og i inflasjonen. Med prognoser basert på den utvikling i renten som Norges Bank mener er mest realistisk, blir tolkningen og etterprøvingen av anslagene også lettere.»

På kort og mellomlang sikt må ein i skjønnsutøvinga av pengepolitikken avvege omsynet til låg og stabil inflasjon mot omsynet til stabilitet i produksjon og sysselsetjing. For at pengepolitikken skal vere truverdig med dei føresetnadene Noregs Bank har om den økonomiske utviklinga, må renteprognosen til banken gi ei rimeleg avveging mellom dei omsyna pengepolitikken skal ta. Når det er tillit til at Noregs Bank ønskjer å følgje den renteprognosen dei publiserer, blir verknaden av pengepolitikken styrkt. Noregs Bank har utarbeidd eit sett med kriterium for å vurdere kva som er ei god framtidig utvikling i renta, sjå boks 4.4. Desse kriteria gir uttrykk for det skjønnet Noregs Bank må bruke i avvegingane i pengepolitikken.

Boks 4.2 Noregs Bank sine kriterium for ei god framtidig utvikling i renta

(sitert frå Noregs Banks årsmelding for 2005)

«I inflasjonsrapportene lager Norges Bank prognoser for utviklingen i realøkonomien, konsumprisene og for renten. Den utviklingen som anslås for renten, skal gi en rimelig avveiing av de hensyn pengepolitikken skal ivareta. I arbeidet med å lage prognoser bruker Norges Bank en bred tilnærmingsmåte. Dette er illustrert i figuren nedenfor. Løpende statistikk og inntrykk fra Norges Banks regionale nettverk danner et utgangspunkt for å vurdere den aktuelle situasjonen i norsk økonomi. Prognosearbeidet bygger bro mellom vurderingen av nåsituasjonen og de langsiktige sammenhengene i økonomien. I denne prosessen bruker banken flere makroøkonomiske modeller; en kjernemodell og en rekke mindre modeller. I kjernemodellen avhenger renten og andre størrelser i økonomien gjensidig av hverandre.

De makroøkonomiske modellene gir en forenklet beskrivelse av økonomien. Som en retningslinje i arbeidet med å utarbeide prognoser og implementere skjønn har Norges Bank satt fram seks kriterier for hva som er en god rentebane. En god rentebane gir en rimelig avveiing mellom de ulike hensynene Norges Bank skal legge vekt på i pengepolitikken. Kriteriene gir ikke en helt presis anvisning til hvordan renten bør settes, men peker på forhold Norges Bank bør ha sett på og vurdert. I noen sammenhenger kan det være strid mellom de ulike kriteriene. I slike situasjoner er det særlig viktig å uttøve skjønn i avveiingene mellom de ulike hensynene. Kriteriene er:

  1. Skal pengepolitikken forankre inflasjonsforventningene på målet, må renten settes slik at inflasjonen beveger seg mot målet. Inflasjonen bør stabiliseres nær målet innen en rimelig tidshorisont, normalt 1-3 år. Av samme grunn bør dessuten inflasjonen være på vei mot målet i god tid før utløpet av treårsperioden.

  2. Under forutsetning av at inflasjonsforventningene er forankret på målet, bør det også være et rimelig størrelsesforhold mellom inflasjonsgapet og produksjonsgapet fram til disse lukkes. Fram i tid bør inflasjonsgapet og produksjonsgapet normalt ikke være positive eller negative samtidig.

  3. Utviklingen i renten, særlig for de nærmeste månedene, bør gi en akseptabel utvikling i inflasjon og produksjon også med alternative, men realistiske forutsetninger om den økonomiske utviklingen og økonomiens funksjonsmåte.

  4. Renten bør normalt endres gradvis, slik at vi kan vurdere virkningene av renteendringer og annen ny informasjon om den økonomiske utviklingen.

  5. Rentesettingen må også ses i lys av utviklingen i eiendomspriser og kreditt. Store svingninger i disse størrelsene kan i sin tur gi en kime til ustabilitet i etterspørsel og produksjon på noe lenger sikt.

  6. Videre kan det som en kryssjekk være nyttig å vurdere rentesettingen i lys av enkle pengepolitiske regler. Dersom renten avviker systematisk og mye fra enkle regler, bør årsakene til dette kunne forklares.»

Når det gjeld bruken av valutaintervensjonar , heiter det i årsmeldinga 2005:

«Norges Bank har beredskap for å kunne intervenere i valutamarkedet på kort varsel, men vil normalt ikke bruke intervensjoner med sikte på å påvirke kronekursen. Valutaintervensjoner, enten det er kjøp eller salg av valuta, er ikke egnet som virkemiddel til å påvirke kronekursen over lengre tid. Intervensjoner kan imidlertid være aktuelt dersom kronekursen kommer vesentlig utenfor det banken vurderer som rimelig ut fra fundamentale forhold, og kursutviklingen samtidig svekker utsiktene til å nå inflasjonsmålet. Det kan også være aktuelt med intervensjoner ved store kortsiktige svingninger i kronekursen når likviditeten i valutamarkedet er sterkt redusert. Norges Bank ønsker ikke å opptre på en måte som kan fremkalle spillsituasjoner der et kurspress forsterkes. Hvis det blir intervenert i stedet for å endre renten, får aktørene i valutamarkedet tvetydige signaler, og det kan oppstå en spillsituasjon. Banken vil gjøre rede for eventuelle intervensjoner og bakgrunnen for disse. Norges Bank intervenerte ikke i 2005 med sikte på å påvirke kronekursen.»

Pengepolitikken i 2005

Pengepolitikken i 2005 må sjåast med bakgrunn i utviklinga dei føregåande åra. I mars 2004 kom styringsrenta ned i 1,75 prosent og blei verande på dette nivået ut året. Inflasjonen blei svært låg gjennom heile 2004. Etter kvart byrja like fullt veksten i etterspørsel og produksjon å ta seg opp. På kort og mellomlang sikt må pengepolitikken avvege omsynet til låg og stabil inflasjon mot omsynet til stabilitet i produksjon og sysselsetjing. Hovudstyret gav uttrykk for at det var uvisse om effektane av tidlegare lette i pengepolitikken og den uvanleg låge renta, og at ein derfor måtte vere varsam med å setje renta ytterlegare ned. I staden gav hovudstyret uttrykk for at dei ville halde renta låg over ein lengre periode. I inflasjonsrapporten frå november 2004 anslo Noregs Bank at inflasjonen ville nå inflasjonsmålet først mot slutten av prognoseperioden i 2007. Produksjonsgapet – dvs. forskjellen mellom det faktiske nivået på produksjonen i økonomien og nivået som kan gå saman med stabil inflasjon over lengre tid – var venta å bli klart positivt i 2005–2007.

rentemøtet 2. februar 2005 såg ikkje hovudstyret noko klart alternativ til det å halde renta i ro. Hovudstyret la vekt på at inflasjonen hadde teke seg noko opp, og at veksten i norsk økonomi var god. Utsikter til framleis låg inflasjon tilsa like fullt at ein skulle halde renta låg.

Noregs Bank har ved fleire høve peika på at rentesetjinga i andre land har innverknad for Noregs Bank si rentesetjing. I pressemeldingane ved rentemøta frå september 2004 og fram til februar 2005 uttala hovudstyret at utsiktene for inflasjonen i Noreg tilsa at Noregs Bank i rentesetjinga burde liggje etter andre land i justeringa av rentene mot eit meir normalt nivå. I eit foredrag til representantskapsmøtet i Noregs Bank 17. februar 2005 peika sentralbanksjefen på at mange land allereie hadde justert opp renta i denne konjunkturoppgangen, og at Noreg dermed hadde lege etter andre land i justeringa av renta. I finansmarknaden blei formuleringa tolka som eit teikn på at Noregs Bank planla å auke renta. Figur 4.1 viser utviklinga i styringsrenta i einskilde andre land dei siste åra.

Figur 4.1 Styringsrenter i einskilde land. 2. juni 2003 – 22.
 mars 2006. Prosent.

Figur 4.1 Styringsrenter i einskilde land. 2. juni 2003 – 22. mars 2006. Prosent.

Kjelde: EcoWin og Noregs Bank.

rentemøtet 16. mars blei renta halden i ro. Prisstigninga hadde vore uventa låg dei to første månadene i 2005. Rentene ute hadde stige, men langsamt og frå eit lågt nivå. Så langt i konjunkturoppgangen hadde handelspartnarane våre auka styringsrentene med litt over 0,25 prosentpoeng i gjennomsnitt. Framskrivingane i Inflasjonsrapport 1/05, som blei offentleggjord same dag, tilsa at aktiviteten i norsk økonomi ville auke nokså raskt både i 2005 og i 2006. Marginane i næringslivet kunne stige vidare, og lønnsveksten bli noko høgare. Ein venta at dei spesielle forholda som hadde bidrege til å halde prisveksten på importerte konsumvarer nede, gradvis ville bli mindre viktige.

Hovudstyret si vurdering var at renta etter kvart kunne aukast gradvis. Omsynet til å bringe inflasjonen tilbake til målet og forankre inflasjonsforventningane tilsa framleis ein ekspansiv pengepolitikk. Hovudstyret heva den øvre og nedre grensa i strategiintervallet med 0,25 prosentpoeng i forhold til den føregåande strategiperioden. Foliorenta burde dermed liggje i intervallet 1,5–2,5 prosent i perioden fram til neste inflasjonsrapport blei lagd fram 30. juni 2005, dersom den økonomiske utviklinga blei om lag som anslått.

Den økonomiske utviklinga fram til rentemøtet 20. april var om lag som venta i inflasjonsrapporten frå mars. Hovudstyret si vurdering var at ein gradvis auke i renta framleis syntest å gi ei god avveging mellom dei ulike omsyna i pengepolitikken, men dei kom til at det var for tidleg å heve renta allereie på møtet 20. april. Renta blei dermed ikkje endra.

Renta blei heller ikkje endra på rentemøtet 25. mai. Samla sett var dei økonomiske utsiktene for inflasjonen og aktiviteten ikkje vesentleg endra sidan den førre inflasjonsrapporten, sjølv om krona hadde styrkt seg. Hovudstyret la vekt på at dersom renta blei halden på eit så lågt nivå lenge, kunne kapasitetsutnyttinga etter kvart bli for høg. Det blei vist til risikoen for at den høge veksten i eigedomsprisar og låneopptak kunne halde fram lenger og bli ein kime til ustabilitet i etterspørsel, produksjon og inflasjon på noko lengre sikt. Det tilsa isolert sett ei høgare rente. Samstundes var det framleis utsikter til låg inflasjon. Ei utvikling der renta auka gradvis – i små og ikkje hyppige skritt – blei vurdert å gi ei god avveging mellom dei ulike omsyna i pengepolitikken. Som eit alternativ vurderte hovudstyret å auke renta allereie på dette møtet, men såg ikkje nokon grunn til å avvike frå forventningane i penge- og valutamarknaden.

Den samla utviklinga i norsk økonomi fram mot rentemøtet 30. juni hadde vore om lag som venta i inflasjonsrapporten frå mars. Veksten i produksjonen var høg, og inflasjonen hadde auka. Omsynet til å stabilisere utviklinga i produksjon og sysselsetjing trekte i retning av høgare rente. Teikn til svakare utvikling i Europa og ei sterkare krone kunne trekkje i retning av at ein burde vente med å heve renta. Hovudstyret vurderte at det likevel var rett å auke renta med 0,25 prosentpoeng til 2,0 prosent på dette møtet. Rentehevinga var venta i finansmarknaden og valda relativt lita rørsle i rentene og valutakursane.

I Inflasjonsrapport 2/05, som blei lagd fram same dag, blei produksjonsnivået mot slutten av 2005 anslått til å bli om lag 1 prosent høgare enn det nivået som kan gå saman med stabil inflasjon over lengre tid. Inflasjonen såg ut til å auke gradvis til opp mot 2 prosent i første del av 2007 og liggje nær 2,5 prosent på tre års sikt. I rapporten peika Noregs Bank på at sterkare handelsvridingar og auka konkurranse på arbeidsmarknaden på den eine sida kunne gi lågare pris- og lønnsvekst. Den uvanleg låge realrenta kunne på den andre sida føre til at veksten i produksjonen og inflasjonen tiltok og blei høgare enn anslått. Ei sterkare krone ville føre til at det ville ta lengre tid før inflasjonen nådde målet.

Hovudstyret sin pengepolitiske strategi var at renta gradvis – i små og ikkje hyppige skritt – kunne bringast tilbake til eit meir normalt nivå. I tråd med dette blei strategiintervallet for renta dei komande fire månadene heva med 0,25 prosentpoeng jamført med perioden før. Foliorenta burde dermed liggje i intervallet 1,75–2,75 prosent i perioden fram til neste inflasjonsrapport blei lagd fram 2. november 2005, dersom den økonomiske utviklinga blei om lag som anslått.

Noregs Banks hovudstyre heldt renta i ro på 2,0 prosent på rentemøtet 11. august . Utviklinga i produksjon, etterspørsel og underliggjande inflasjon hadde vore i samsvar med det biletet som blei teikna i Inflasjonsrapport 2/05. Noregs Bank sa at ny informasjon ikkje gav grunnlag for å avvike frå den renteutviklinga dei hadde lagd til grunn for inflasjonsrapporten.

Hovudstyret endra heller ikkje renta på rentemøtet 21. september . Den samla vurderinga frå hovudstyret var at utviklinga i produksjon, etterspørsel og underliggjande inflasjon hadde vore i samsvar med det Noregs Bank hadde sett for seg i førre inflasjonsrapport. Krona hadde styrkt seg sidan rentemøtet i august. I avveginga si peika hovudstyret på at det var eit alternativ å auke renta allereie på dette møtet, men at ein fann det rett å halde renta i ro.

Fram mot rentemøtet 2. november hadde den økonomiske utviklinga vore om lag som anslått i inflasjonsrapporten frå juni. Inflasjonen hadde auka, og den økonomiske veksten var sterk. I Inflasjonsrapport 3/05, som blei lagd fram same dag, heldt hovudstyret fast ved at renta gradvis – i små og ikkje hyppige skritt – skulle setjast opp mot eit meir normalt nivå. Denne strategien syntest framleis å gi ei rimeleg avveging mellom dei omsyna Noregs Bank skal ta i pengepolitikken. I tråd med dette blei renta heva med 0,25 prosentpoeng til 2,25 prosent. Rentehevinga var venta i finansmarknaden og førte til små endringar i pengemarknadsrentene.

Framskrivingane i Inflasjonsrapport 3/05 var for første gong tufta på bankens eigne prognosar for renta. Rapporten viste ei utvikling i renta som etter hovudstyret si vurdering gav ei rimeleg avveging av dei omsyna pengepolitikken skal ta. Ho innebar ein gradvis auke i renta i tråd med hovudstyret sin strategi, og var om lag på linje med den renteutviklinga som prisane i finansmarknaden kunne tilseie. Kriteria som Noregs Bank har utarbeidd for å vurdere kva som er ei god framtidig utvikling i renta, er refererte i boks 4.4.

Ei foliorente i intervallet 2–3 prosent i midten av mars 2006 gav etter hovudstyret si vurdering ei rimeleg avveging mellom omsynet til å nå inflasjonsmålet og omsynet til stabilitet i realøkonomien. Strategiintervallet for renta blei dermed heva med 0,25 prosentpoeng jamført med den førre strategiperioden. Figur 4.2 viser faktisk foliorente og intervall for foliorenta ved utgangen av kvar strategiperiode.

Figur 4.2 Faktisk foliorente og intervall for folio­renta ved
 utgangen av kvar strategiperiode1
 . 
 2. januar 2003 – 15. mars 2006. Prosent.

Figur 4.2 Faktisk foliorente og intervall for folio­renta ved utgangen av kvar strategiperiode1 . 2. januar 2003 – 15. mars 2006. Prosent.

1 Figur 4.2 er lik figur 18 i Noregs Banks årsmelding for 2005.

Kjelde: Noregs Bank.

rentemøtet 14. desember blei renta halden i ro på 2,25 prosent. Den økonomiske utviklinga hadde ikkje vore vesentleg ulik det hovudstyret hadde sett for seg i Inflasjonsrapport 3/05, sjølv om krona hadde svekt seg noko. Framleis sterk vekst i etterspørselen og produksjonen tala isolert sett for ein raskare auke i renta. Det ville redusert risikoen for flaskehalsar i økonomien, med tiltakande kostnadsvekst og framleis oppbygging av gjeld. På den andre sida ville ei raskare heving av renta ha auka risikoen for at krona igjen styrkte seg og såleis motverka at inflasjonen tok seg opp mot målet på 2,5 prosent. Hovudstyret peika på at det framleis var utsikter til at renta ville auke vidare i små, ikkje hyppige skritt.

Samla blei foliorenta sett opp med 0,5 prosentpoeng i 2005. Foliorenta var ved utgangen av året 2,25 prosent. Sjølv om renta blei sett opp i 2005, er pengepolitikken framleis svært ekspansiv. Figur 4.3 viser at den tremånaders realrenta er langt lågare enn den nøytrale realrenta Noregs Bank har estimert for norsk økonomi.

Figur 4.3 Tremånaders realrente og den nøytrale realrenta
 i Noreg1
 . 1. kvartal 1996 – 4. kvartal 2008.
 Prosent.

Figur 4.3 Tremånaders realrente og den nøytrale realrenta i Noreg1 . 1. kvartal 1996 – 4. kvartal 2008. Prosent.

1 Tremånaders pengemarknadsrente deflatert med inflasjonen målt ved KPI-JAE. Figur 4.3 er lik figur 23 i Noregs Banks årsmelding for 2005

Kjelde: Noregs Bank.

I årsmeldinga til Noregs Bank blir rentesetjinga i 2005 samanlikna med einskilde enkle rentereglar. Slike rentereglar kan ikkje gi meir enn nokre indikasjonar på kva som er rett rente. Om samanlikninga med rentereglane seier Noregs Bank at:

«Taylor-regelen, slik Norges Bank har beregnet den, sier at renten siden slutten av 2004 har vært for lav [...]. Taylor-regelen legger vekt på inflasjonen og produksjonsgapet. Produksjonsgapet kan imidlertid ikke observeres direkte og er dermed en usikker størrelse. Et alternativ er å bygge på den observerte BNP-veksten i tillegg til inflasjonen. Også denne regelen sier at renten har vært for lav en periode. Reglene har imidlertid begrensninger som referanse for en liten, åpen økonomi. En renteøkning i tråd med reglene kunne ha ført til en markert styrking av kronen og at det derfor ville ta vesentlig lengre tid før inflasjonen når målet. Regelen med utenlandsk rente gir noe lavere rente enn de andre reglene. Det skyldes at rentenivået ute er lavt.»

Foliorenta til Noregs Bank og den renta som følgjer av dei enkle rentereglane, er viste i figur 4.4.

Figur 4.4 Foliorenta, Taylor-renta, regel med BNP-vekst og regel med
 utanlandsk rente1
 . 
 1. kvartal 2000 – 4. kvartal 2005. Prosent.

Figur 4.4 Foliorenta, Taylor-renta, regel med BNP-vekst og regel med utanlandsk rente1 . 1. kvartal 2000 – 4. kvartal 2005. Prosent.

1 Figur 4.4 er lik figur 26 i Noregs Banks årsmelding for 2005.

Kjelde: Noregs Bank.

Føresetnadene i inflasjonsrapportane frå 2005 for tremånaders pengemarknadsrente og utviklinga i kronekursen, målte ved eit importvekta gjennomsnitt av valutaene til Noregs handelspartnarar (I-44), er viste i figurane 4.5 og 4.6.

Figur 4.5 Føresetnad for pengemarknadsrenta i inflasjonsrapportane
 i 20051
 . Månadsvise tal. 
 1. kvartal 2004 – 4. kvartal 2008. Prosent.

Figur 4.5 Føresetnad for pengemarknadsrenta i inflasjonsrapportane i 20051 . Månadsvise tal. 1. kvartal 2004 – 4. kvartal 2008. Prosent.

1 Pengemarknadsrenta ligg normalt om lag 0,25 prosentpoeng over foliorenta. Føresetnaden for pengemarknadsrenta er i IR 1/05 og IR 2/05 berekna ut frå rentene i penge- og renteswapmarknaden på dei angjevne tidspunkta. Renta i IR 3/05 er Noregs Bank sin eigen renteprognose. Figur 4.5 er lik figur 14 i Noregs Banks årsmelding for 2005.

Kjelde: Noregs Bank.

Figur 4.6 Føresetnad for importvekta kronekurs (I-44) i inflasjonsrapportane
 i 2005. Terminvalutakurs1
 . Kvartalsvise tal. 1. kvartal
 2004 – 4. kvartal 2008. Indeks 1995 = 100.

Figur 4.6 Føresetnad for importvekta kronekurs (I-44) i inflasjonsrapportane i 2005. Terminvalutakurs1 . Kvartalsvise tal. 1. kvartal 2004 – 4. kvartal 2008. Indeks 1995 = 100.

1 Stigande kurve betyr svakare kronekurs. Figur 4.6 er lik figur 15 i Noregs Banks årsmelding for 2005.

Kjelde: Noregs Bank.

Utviklinga i inflasjon, produksjon og sysselsetjing, og i forventningar om valutakursutviklinga

Med utgangspunkt i forskrifta for pengepolitikken, jf. avsnitt 4.2, er det naturleg å vurdere pengepolitikken ut frå omsynet til å stabilisere prisutviklinga, ut frå omsynet til å stabilisere utviklinga i produksjon og sysselsetjing, og ut frå omsynet til at forventningane om valutakursutviklinga er stabile.

Utviklinga i inflasjonen

Prisstigninga er framleis låg. Konsumprisane (KPI) auka i gjennomsnitt med 1,6 pst. frå 2004 til 2005. Når ein korrigerer for avgiftsendringar og held energivarer utanom, så voks konsumprisane (KPI-JAE) i gjennomsnitt med 1,0 pst. I årsmeldinga for 2005 skriv Noregs Banks følgjande om utviklinga i underliggjande inflasjon i 2005:

«Inflasjonen har økt noe, men er fortsatt svært lav. [...] Veksten i konsumprisene økte forsiktig gjennom første halvår, men mot slutten av året bidro tiltakende prisfall på de importerte konsumvarene til å trekke KPI-JAE noe ned. Høyere prisvekst på norskproduserte varer og tjenester bidro sterkest til oppgangen i konsumprisene. Av de innenlandske komponentene var det først og fremst tjenester med lønn som dominerende faktor som gikk markert opp, på tross av at lønnsveksten ble forholdsvis lav i 2005. Økt konkurranse i flere markeder bidro til å holde prisveksten nede. Andre mål på underliggende inflasjon viste en noe sterkere prisvekst enn KPI-JAE for 2005 sett under ett. Forskjellen var imidlertid mindre enn de to foregående årene.»

Figur 4.7 viser utviklinga i veksten i KPI-JAE dei siste åra.

I inflasjonsrapporten i mars 2004 anslo Noregs Bank at den underliggjande veksten i konsumprisane ville vere 2,25 prosent i 2005. I årsmeldinga for 2005 skriv banken følgjande om avviket mellom prognosen og den realiserte inflasjonen:

«Av avviket på litt over ett prosentpoeng mellom anslått inflasjon for 2005 i inflasjonsrapporten i mars 2004 og realisert inflasjon i 2005 kan om lag 0,5 prosentpoeng føres tilbake til lavere lønnsvekst enn antatt. Det kan imidlertid være vanskelig å anslå bidraget fra lønnsveksten presist, ettersom det er en gjensidig sammenheng mellom lønns- og prisveksten. Svært lav prisvekst og nedjusterte inflasjonsforventninger forut for lønnsoppgjøret i 2005 kan ha medvirket til den lave lønnsveksten. I tillegg ble arbeidsmarkedet noe svakere enn antatt.

Kronekursen utviklet seg vesentlig sterkere gjennom 2004 og 2005 enn forutsatt i begynnelsen av 2004. Kursutviklingen kan forklare om lag 0,5 prosentpoeng av avviket i inflasjonen. En høyere verdi på norske kroner enn ventet kan ha sammenheng med at rentene internasjonalt utviklet seg noe svakere enn terminrentene i markedet tilsa i begynnelsen av 2004. De internasjonale prisimpulsene for året sett under ett var om lag som ventet.

Den direkte effekten på husleiene av rentenedgangen i 2003–2004 bidro også til å trekke veksten i KPI-JAE ned.»

Inflasjonsmålet på 2,5 prosent er framoverretta. Noregs Bank rår ikkje over verkemiddel som til kvar tid kan sikre eit bestemt nivå på inflasjonen. Om vurderinga av måloppnåinga i pengepolitikken skriv Noregs Bank mellom anna at:

«Utviklingen i inflasjonen, justert for enkelte midlertidige forhold, gir et utgangspunkt for å vurdere måloppnåelsen i pengepolitikken. Det operative målet for pengepolitikken er en vekst i konsumprisene over tid nær 2,5 prosent, og ikke en slik inflasjon til enhver tid. Det må samtidig tas hensyn til den grad av treffsikkerhet det er realistisk å stille krav om for pengepolitikken. Konsumprisveksten kan og vil ofte avvike fra målet, dels som følge av uforutsette forstyrrelser og dels som følge av de avveiningene som har vært gjort i pengepolitikken. I de senere år har de fleste hendelser og forstyrrelser som har påvirket inflasjonen, bidratt til å bringe den ned.»

[...]

«I en periode med økt flyt av arbeidskraft over landegrensene, store teknologiske fremskritt, endringer i konkurranseforhold og store endringer i handelsmønsteret vil det med vår svært åpne økonomi trolig være noe større svingninger i inflasjonen, slik som i de siste to-tre årene.»

Figur 4.8 viser utviklinga i den gjennomsnittlege inflasjonen over ein periode på ti år. Figuren viser at inflasjonen fall gjennom 1980- og første del av 1990-talet, men at han sidan har vore relativt stabil.

Figur 4.7 KPI-JAE totalt og fordelt etter importerte og norskproduserte
 varer og tenester1
 . 
 Tolvmånaders vekst. Januar 2002–februar 2006. Prosent

Figur 4.7 KPI-JAE totalt og fordelt etter importerte og norskproduserte varer og tenester1 . Tolvmånaders vekst. Januar 2002–februar 2006. Prosent

1 Noregs Banks berekningar. Figur 4.7 er lik figur 1 i Noregs Banks årsmelding for 2005.

Kjelde: Statistisk sentralbyrå og Noregs Bank.

Utviklinga i produksjon og sysselsetjing

Aktiviteten i norsk økonomi var høg i 2005. Låge renter, sterk vekst i oljeinvesteringane og god vekst internasjonalt trekte den innanlandske etterspørselen opp. Aktiviteten og innteninga i fastlandsbedriftene var høg, og investeringane auka ein god del. I årsmeldinga for 2005 skriv Noregs Bank følgjande om utviklinga i produksjonen i 2005:

Figur 4.8 Vekst i konsumprisindeksen. Glidande ti-års gjennomsnitt
 og variasjon1
 . 1980–2005. 
 Prosent.

Figur 4.8 Vekst i konsumprisindeksen. Glidande ti-års gjennomsnitt og variasjon1 . 1980–2005. Prosent.

1 Det glidande gjennomsnittet er berekna sju år tilbake og to år fram. Bandet rundt KPI er variasjonen i snittperioden, målt ved +/- eitt standardavvik. I berekninga ligg anslag for 2006–2007 frå Inflasjonsrapport 3/05 til grunn. Figur 4.8 er lik figur 8 i Noregs Banks årsmelding for 2005.

Kjelde: Statistisk sentralbyrå og Noregs Bank.

«Oppgangskonjunkturen som har preget norsk økonomi fra og med annet halvår 2003, fortsatte i 2005. Kapasitetsutnyttelsen ved inngangen til 2006 er trolig noe høyere enn det normale nivået. Lave renter, økte petroleumsinvesteringer, sterk vekst internasjonalt og en bedring i bytteforholdet overfor utlandet har vært de viktigste drivkreftene. De lave rentene bidro i starten av oppgangen til høy vekst i privat konsum og boliginvesteringer. Etter hvert ble oppgangen bredere basert, og i fjor var det god vekst i eksporten og i investeringene i bedriftene i Fastlands-Norge.»

Figur 4.9 Anslag på produksjonsgapet, nivå og variasjon1
 .
 1980–2005. Prosent.

Figur 4.9 Anslag på produksjonsgapet, nivå og variasjon1 . 1980–2005. Prosent.

1 Produksjonsgapet måler forskjellen mellom faktisk og trendmessig BNP for Fastlands-Noreg. Bandet viser variasjonen i produksjonsgapet målt ved +/- eitt standardavvik. Variasjonen er berekna som gjennomsnittleg standardavvik i ein tiårsperiode, sju år tilbake og to år fram. Figur 4.9 er lik figur 9 i Noregs Banks årsmelding for 2005.

Kjelde: Statistisk sentralbyrå og Noregs Bank.

Veksten i talet på sysselsette personar var lenge moderat i denne konjunkturoppgangen, men i andre halvår tok veksten seg markert opp. I årsmeldinga for 2005 skriv Noregs Bank følgjande om utviklinga i sysselsetjinga og produksjonskapasiteten i økonomien:

«Hittil i oppgangen har ikke sysselsettingen økt like mye som i tidligere oppgangsperioder. Sterkt fall i sykefraværet gjennom 2004 er en av årsakene. I 2005 økte antall utførte timeverk forholdsvis raskt, og produktiviteten per sysselsatt var høy. Dette kan ha begrenset etterspørselen etter personer i arbeidsmarkedet. Norges Bank legger til grunn at produksjonskapasiteten i norsk økonomi både i 2004 og 2005 trolig økte noe mer enn normalt. Resultatet er at økonomien har kunnet vokse raskere uten at det har gitt seg utslag i flaskehalser og kostnadsvekst. Mot slutten av 2005 tok også sysselsettingen målt i antall personer seg opp som følge av fortsatt sterk vekst i produksjonen.»

Eitt av måla for pengepolitikken er å bidra til å stabilisere den realøkonomiske utviklinga. Figur 4.9 viser utviklinga i produksjonsgapet frå 1980 til 2005. Variasjonen i gapet er illustrert med bandet rundt anslaget på produksjonsgapet. Variasjonen ser ut til å ha minka sidan slutten av 1990-talet.

Inflasjons- og valutakursforventningane

Av forskrifta for pengepolitikken av 29. mars 2001 følgjer det at pengepolitikken skal medverke til å stabilisere utviklinga i produksjon og sysselsetjing og samtidig også medverke til stabile forventningar om valutakursutviklinga. I årsmeldinga for 2005 skriv Noregs Bank mellom anna følgjande om inflasjons- og valutakursforventningane:

«Tillit til at inflasjonsmålet nås er en forutsetning for at pengepolitikken også kan bidra til å stabilisere utviklingen i produksjon og sysselsetting. I valutamarkedet har forventningene om fremtidig prisvekst og stabilitet i økonomien vesentlig betydning. Valutakursforventningene påvirkes av veksten i offentlige utgifter og bytteforholdet overfor utlandet, men stabile forventninger om inflasjonen vil også kunne bidra til mer stabile valutakursforventninger.

Inflasjonen vil ikke være lik inflasjonsmålet til enhver tid, men med tillit til pengepolitikken vil forventet prisvekst på lang sikt være nær inflasjonsmålet. Dette bidrar i seg selv til å stabilisere inflasjonen.»

Tilliten til inflasjonsmålet kan ein ikkje måle direkte, men om aktørane i økonomien har tillit til at sentralbanken vil nå inflasjonsmålet, vil dei vente at inflasjonen på lengre sikt blir lik målet. I årsmeldinga skriv Noregs Bank følgjande om inflasjonsforventningane:

«På oppdrag av Norges Bank gjennomfører TNS Gallup kvartalsvise spørreundersøkelser om forventet inflasjon. Spørreundersøkelsen fra 4. kvartal i 2005 viste at forventet inflasjon gikk noe opp mot slutten av året. Om fem år venter økonomene i finansnæringen og i akademia en årlig prisvekst på 2,4 prosent. I gjennomsnitt venter arbeidslivets organisasjoner en prisvekst på 2,8 prosent om fem år. Gjennomsnittlig forventet prisvekst på to års sikt var 2,2 prosent blant økonomene i finansnæringen og i akademia og 2,6 prosent blant arbeidslivets organisasjoner.»

Figur 4.10 viser utviklinga i forventa prisvekst om fem år.

Figur 4.10 Forventa konsumprisvekst om fem år1
 . 2.
 kvartal 2002 – 4. kvartal 2005. Prosent.

Figur 4.10 Forventa konsumprisvekst om fem år1 . 2. kvartal 2002 – 4. kvartal 2005. Prosent.

1 Figur 4.10 er lik figur 11 i Noregs Banks årsmelding for 2005.

Kjelde: TNS Gallup og Noregs Bank

Prognosane til Consensus Forecast bekreftar biletet av stabile inflasjonsforventningar. I oktober 2005 anslo dei prisstigninga til 2,3 prosent både på fem og ti års sikt.

Forskjellen mellom terminrentene i Noreg og Tyskland kan seie noko om inflasjonsforventningane i Noreg skil seg frå inflasjonsforventningane i euroområdet. Det må likevel takast omsyn til at inflasjonsmålet for Noreg er noko høgare enn for euroområdet, og eventuelle forskjellar i likviditet i den norske og den tyske rentemarknaden. I 2005 var forskjellen i terminrenta i gjennomsnitt på 0,4 prosentpoeng og ganske stabil. I den same perioden har dei langsiktige forventningane til inflasjonen i euroområdet halde seg rundt 2,1 pst. Det kan tyde på at forventningane om framtidig inflasjon i Noreg ikkje har endra seg vesentleg gjennom 2005.

I årsmeldinga oppsummerer Noregs Bank med at dei ulike indikatorane samla sett tyder på at det er tillit til inflasjonsmålet. Det er likevel venta lågare inflasjon enn 2,5 prosent dei nærmaste to åra. Det må sjåast i samanheng med at prisveksten har vore låg dei siste åra.

4.2.4 Vurderingar frå andre

Etter at det blei innført nye retningslinjer for den økonomiske politikken i mars 2001, har det vore gjennomført fleire vurderingar av pengepolitikken, jf. omtalane i tidlegare kredittmeldingar. Sidan Kredittmeldinga 2004 blei lagd fram i mai 2005, har det kome fleire nye rapportar som omtalar pengepolitikken:

  • Rapporten frå Norges Bank Watch 2006 blei offentleggjord 9. mars 2006. Denne rapporten er utarbeidd av ei ekspertgruppe oppnemnd av Centre for Monetary Economics (CME), som er tilknytt Handelshøyskolen BI.

  • OECDs landrapport om Noreg blei offentleggjord 8. august 2005. OECD vurderer pengepolitikken som ein del av ein heilskapleg gjennomgang av stabiliseringspolitikken.

  • Kredittilsynet sin tilstandsrapport for finansmarknaden i 2005 blei lagd fram 28. februar i år. Rapporten omtalar pengepolitikken si rolle for den finansielle stabiliteten.

  • Økonomisk utsyn over 2005 frå Statistisk sentralbyrå blei offentleggjort 16. mars i år. I perspektivavsnittet gir Statistisk sentralbyrå ei drøfting av stabiliseringspolitikken, og som ein del av dette også pengepolitikken.

Dei siste åra har Centre for Monetary Economics ved Handelshøyskolen BI invitert ei gruppe økonomar til å lage ein rapport om utøvinga av pengepolitikken i Noreg. Norges Bank Watch 2006 er den sjuande rapporten i rekka.

Norges Bank Watch legg vekt på at den låge prisveksten i stor grad kjem av forhold som ein ikkje kunne vente at Noregs Bank skulle føreseie. Gruppa peikar òg på at det ikkje er enkelt å vite i kva grad desse forholda vil halde fram. I dagens situasjon kan det sjå ut som om inflasjonen i ein lengre periode vil bli lågare enn målet. I rapporten står det følgjande om avviket frå prismålet:

«Forskriften for pengepolitikken skal tolkes som framoverskuende, og avvik fra målet skal ikke kompenseres for i ettertid. Den nåværende pengepolitiske strategien, der det siktes mot at inflasjonen gradvis skal ta seg opp mot 2,5 prosentmålet, er ikke i motsetning til forskriften, selv om den innebærer at inflasjonen vil være betydelig lavere enn det operasjonelle målet i seks sammenhengende år.»

Om prismålet på 2,5 prosent skriv Norges Bank Watch vidare:

«Den vedvarende lave inflasjonen, betydelig under målet på 2,5 prosent, har fått noen observatører til å foreslå at målet bør senkes, for å unngå en ekspansiv pengepolitikk som innebærer en risiko om ustabilitet i realøkonomien. Vårt syn er at den nåværende forskriften gir tilstrekkelig fleksibilitet. En endring av det operasjonelle målet for pengepolitikken må ikke ses som en enkel løsning. En endring til et annen tallfestet inflasjonsmål ville gi et misvisende signal om hvordan en fleksibelt inflasjonsmål bør fungere.»

Norges Bank Watch skriv følgjande om avviket frå inflasjonsmålet og avvegingane i pengepolitikken:

«Forskriften for pengepolitikken innebærer at Norges Bank skal sikte mot lav og stabil inflasjon og en stabil utvikling i produksjon og sysselsetting. Den lave inflasjonen nå står ikke i motsetning til disse målsettingene. Det operasjonelle målet på 2,5 prosent inflasjon kan ikke rettferdiggjøre en politikk som innebærer betydelig risiko for realøkonomisk ustabilitet, og vi tror ikke Norges Bank ville føre en slik politikk. Hvis Norges Bank skulle få den oppfatning at lav inflasjon er så vedvarende at pengepolitikken ikke kan klare å få inflasjonen opp mot 2,5 prosent og samtidig bidra til en stabil utvikling i økonomien, så burde banken be om en ny forskrift for pengepolitikken. Vi tror at banken ville gjøre dette i en slik situasjon. Men vi er langt fra en slik situasjon nå.»

Norges Bank Watch skriv at det ikkje finst noka klar anbefaling om korleis pengepolitikken skal ta omsyn til finansiell stabilitet. Gruppa peikar likevel på at det er semje om at utviklinga i aktivaprisar er viktige indikatorar på den økonomiske utviklinga som det bør takast omsyn til. Renteendringar som forsterkar svingingane i prisane på aksjar og bustader kan såleis medverke til ustabilitet i realøkonomien. Norges Bank Watch peikar på at desse samanhengane kan verke over lengre tid enn den treårshorisonten Noregs Bank legg til grunn i pengepolitikken. Rapporten seier følgjande om utviklinga:

«Norske formuespriser øker nå kraftig. Selv om dette ennå ikke ser ut til å innebære noen betydelig risiko for økonomien, og særlig ikke for en systemkrise, så tror vi at dagens prisstigningstakt ikke kan vedvare. Prisstigningstakten vil etter hvert justeres, mer sannsynlig ved en utflating snarere enn et direkte fall. Dette vil dempe samlet etterspørsel, og kan føre til ustabilitet i realøkonomien. Isolert sett tilsier dette en høyere rente enn det vi har nå.»

Norges Bank Watch konkluderer på følgjande måte om dei økonomiske utsiktene og avveginga i pengepolitikken:

«Norsk økonomi er nå inne i sitt tredje år med vekst over trend. De fleste områdene av økonomien vokser, noen relativt hurtig. Arbeidskraftetterspørselen tar seg opp, og ledigheten er nær historiske bunnivåer. Selv om lønns- og prisveksten så langt er lav, taler dagens situasjon for noe strammere pengepolitikk enn Norges Bank nå varsler. Høy vekst i kreditt og aktivpriser forsterker dette synet. Etter vårt syn er det nå større risiko ved å heve for lite, for sent, enn for mye, for tidlig. I førstnevnte tilfelle vil lite og sen renteheving nå øke sannsynligheten for at en senere må heve i større skritt. Dette ville være i strid med hva banken selv ser på som en god måte å sette renten.»

Rapporten frå Norges Bank Watch i fjor, Norges Bank Watch 2005, synte til at eit gjennomgåande tema i norsk pengepolitisk debatt har vore i kor stor grad Noregs Bank har teke omsyn til valutakursen i dei pengepolitiske vurderingane sine, og kva mandatet for pengepolitikken seier om dette. Gruppa i 2005 peika på at Noregs Bank nokre gonger syntest å tolke mandatet på ein snever måte, ved å tone ned referansen til at pengepolitikken òg skal bidra til valutakursstabilisering. Norges Bank Watch 2006 gjentek dette poenget i sin rapport. Dei skriv mellom anna følgjande:

«I Inflasjonsrapporten, som er det sentrale politikkdokumentet, redegjør Norges Bank for sin tolkning av målene for pengepolitikken. Bankens tolkning dekker ikke innholdet i Regjeringens forskrift fullt ut, og det er særlig punktet om valutakursstabilitet som er utelatt. Selv om lav inflasjon som operativt mål vanligvis vil bli prioritert ved eventuelle målkonflikter i forhold til hensynet til stabilitet i valutakursen, så er stabil valutakurs også en målsetting for pengepolitikken. Politikkdokumenter som inflasjonsrapporten bør gjengi målsettingene for pengepolitikken i sin helhet.»

Norges Bank Watch skriv at Noregs Banks kommunikasjon med marknaden det siste året har vore transparent, konsistent og gjennomgåande god. Om banken si avgjerd om å publisere eigne anslag for renta seier Norges Bank Watch følgjande:

«Vi bifaller bankens beslutning om å publisere sin egen renteprognose, med virkning fra og med Inflasjonsrapport 3/05. Dette har en rekke fordeler, ved at det gir en best mulig illustrasjon av den optimale rentebanen, øker pengepolitikkens effektivitet ved å være mer transparent, muliggjør en kryss-sjekk med markedets renteforventninger, og gir forventningsrette anslag for øvrige variabler. Norges Bank har også fått internasjonal anerkjennelse for dette skrittet.»

I Economic Survey of Norway 2005, som OECD la fram 8. august 2005, blir det peika på at den låge prisstigninga i hovudsak kjem av fordelaktige sjokk som låg importert prisvekst og auka konkurranse. I rapporten trekkjer dei fram at prisstigninga på innanlandsk produserte varer og tenester allereie hadde auka og var innafor eitt prosentpoeng frå inflasjonsmålet tidleg i 2005. OECD åtvarar mot å vente for lenge med å normalisere renta. Samstundes peikar dei på risikoen for at renteauke fører til ei styrking av valutakursen. I rapporten heiter det vidare om desse utfordringane:

«Monetary policy will need to guard against wage pressures emerging in an economy awash in oil money, as happened in 1998 and 2002. Although there are as yet no signs of an overheating on the scale of the 1997-98 episode, cyclical turning points are rarely foreseen with any accuracy. And once [...] wage growth starts to outstrip productivity as the labour market tightens, the resulting competitiveness losses are very difficult to reverse. The central bank has appropriately announced its intention to gradually bring the interest rate towards a more neutral level, with the first interest rate increase coming in July 2005. With bottlenecks emerging, there is a risk of a renewed period of higher wage growth in Norway than among its trading partners. Monetary policy has to take this into account. However, tightening monetary policy in Norway with reduced prospects for interest rate increases in other countries could lead to an unwelcome strong exchange rate appreciation, creating a challenge for economic policy.

Norway may nonetheless be better prepared to face this challenge than in the past. Monetary policy credibility was enhanced at the start of the inflation targeting regime, when policy in 2002 acted forcefully against excessive wage growth; the memory of that episode is still strong in Norway, hopefully pre-empting inflationary wage demands today. Stronger competition is mitigating inflation and should continue to do so for a while to come. Recent liquidity expansion has gone more into assets (mainly housing) than goods purchases, though this might also entail financial vulnerability as interest rates normalise. Such structural changes should by themselves help maintain balanced growth, as in the other Nordic countries, provided that no major policy mistakes are made [...].»

Om forholdet mellom rentesetjinga og valutakursen skriv OECD vidare:

«The relationship between the exchange rate and the international short-term interest differential is not airtight, as the former depends on other factors as well, such as the oil price, although some appreciation has already taken place as markets expect that the Norges Bank will tighten relatively more than foreign central banks are likely to. More importantly, exchange rate movements are easily reversible over time whereas wage increases are not. It is better for the bank to err on the side of pre-empting wage pressures than to be constrained out of an excessive concern about the exchange rate.»

Kvart år gir Kredittilsynet ut ein tilstandsrapport for finansmarknaden. I tilstandsrapporten for 2005, som blei lagd fram 28. februar 2006, gir Kredittilsynet ei vurdering av utsiktene for finansiell stabilitet. Tilsynet peikar på at både gjelda og formuen til hushalda har vakse kraftig dei siste åra, men at fordelinga mellom hushald er ujamn. Kredittilsynet skriv mellom anna følgjande:

«[Det er] stor spredning blant husholdningene, både når det gjelder gjeldsbelastning og formue, og særlig de yngste aldersgruppene er utsatte. Kredittilsynets boliglånsundersøkelse viser at nær halvparten av husholdningene under 35 år lånte mer enn 80 prosent av boligens verdi, og 17 prosent lånte mer enn hele boligens verdi.»

Utviklinga på bustadmarknaden har stor verknad på hushalda si gjeld. Høgare bustadprisar kan medverke til vekst i gjelda i fleire år. Den høge veksten i bustadprisane dei siste åra, som har vore betydeleg høgare enn veksten i inntekta til hushalda, er såleis urovekkjande. Kredittilsynet skriv følgjande om desse forholda:

«Dersom gjelden fortsatt stiger raskt og renten øker, er prisnedgang [på boliger] en reell mulighet. Endringer i husholdningenes forventninger vil bidra til å forsterke en begynnende nedgang. Den rekordhøye og økende gjeldsbelastningen øker faren for at selv mindre sjokk etter hvert kan utløse sårbarheten i det finansielle systemet. Sårbarheten øker jo lengre oppgangen i boligpriser og gjeld fortsetter.»

Den låge renta gjer at hushalda har låg rentebelastning. Samstundes bidreg ho til høg etterspurnad etter bustader og framleis høg gjeldsvekst. Kredittilsynet si årsmelding for 2005, som blei lagd fram samstundes med tilstandsrapporten, peikar på at det for å bremse veksten i gjelda er ein fordel om den gradvise normaliseringa av renta ikkje tek for lang tid.

Statistisk sentralbyrå peiker i Økonomisk utsyn over året 2005 på at den økonomiske veksten er sterk, arbeidsløysa minkar og prisstigninga er låg. Samstundes minner dei om at ein fleire gonger har erfart at grunnlaget for problem i økonomien blir lagd i gode tider. Statistisk sentralbyrå skriv mellom anna:

«Midt på 1990-tallet var Norge på vei ut av en langvarig og dyp nedgang som i løpet av 1997 gikk over i en periode med sterkt press i norsk økonomi. En viktig årsak var vesentlig sterkere vekst i oljeinvesteringene enn antatt på forhånd. Finanspolitikken, som i en periode hadde vært strammet til, ble mer ekspansiv. Også innretningen av pengepolitikken var ekspansiv, fordi Norges Bank måtte forsvare en stabil valutakurs med å sette ned renten. Lønnsveksten skjøt på nytt fart etter flere år med moderate oppgjør.

I dagens situasjon er det mindre sannsynlig at den økonomiske politikken vil bidra til å «helle bensin på bålet». Pengepolitikken er gitt en klarere rolle i stabiliseringen av produksjon og etterspørsel. [...] Alt i alt er det gode muligheter for en balansert utvikling i norsk økonomi fremover.»

4.2.5 Departementets vurderingar

Forskrifta for pengepolitikken, som blei fastsett 29. mars 2001, ligg fast. Det var brei semje i Stortinget om retningslinjene for pengepolitikken. Det synest i dag å vere tillit til pengepolitikken, både blant marknadsaktørar, i dei akademiske miljøa og allment i opinionen. Departementet meiner at dei gjeldande retningslinjene for pengepolitikken utgjer eit godt rammeverk for Noregs Banks utøving av pengepolitikken.

Forskrifta seier at pengepolitikken skal sikte mot stabilitet i den nasjonale og internasjonale verdien av den norske krona, og dessutan medverke til stabile forventningar om valutakursutviklinga. Pengepolitikken skal samstundes støtte finanspolitikken ved å medverke til å stabilisere utviklinga i produksjon og sysselsetjing.

Retningslinjene for pengepolitikken gir eit fleksibelt inflasjonsmål for pengepolitikken, og er i stor grad i samsvar med det som gjeld internasjonalt for land med fleksibel inflasjonsstyring. I årsmeldinga for 2005 skriv Noregs Bank mellom anna følgjande om fleksibel inflasjonsstyring:

«Norges Bank legger til grunn at inflasjonsstyringen skal være fleksibel, slik at både variasjon i inflasjon og variasjon i produksjon og sysselsetting blir tillagt vekt når renten settes. Den fleksible inflasjonsstyringen bygger bro mellom pengepolitikkens langsiktige oppgave, som er å holde inflasjonen på målet og forankre inflasjonsforventningene, og det mer kortsiktige hensynet til å stabilisere den realøkonomiske utviklingen.»

Budsjettpolitikken og pengepolitikken må saman medverke til ei stabil utvikling i produksjon og etterspørsel. Retningslinjene for den økonomiske politikken inneber samtidig at pengepolitikken har fått ei klar rolle i stabiliseringspolitikken. Pengepolitikken kan raskt endrast dersom utsiktene for økonomien blir endra.

I det følgjande blir det gitt ei vurdering av korleis pengepolitikken i 2005 har medverka til stabilitet i prisutviklinga, i produksjon og sysselsetjing, i forventningane om prisutviklinga framover og i kva mon pengepolitikken har medverka til stabile f orventningar om valutakursutviklinga. Det blir òg gitt ein omtale av pengepolitikken ut frå omsynet til finansiell stabilitet. Deretter følgjer eit samandrag av departementet si vurdering av utøvinga av pengepolitikken i 2005.

Noregs Banks styringsrente (foliorenta) blei i 2005 auka med til saman 0,5 prosentpoeng, til 2,25 prosent. Renta er framleis svært låg. Hovudstyret sin pengepolitiske strategi er at renta gradvis skal bringast tilbake til eit meir normalt nivå. I Inflasjonsrapport 1/2006 anslår Noregs Bank at foliorenta kjem til å vere om lag 3 prosent ved utgangen av 2006 og om lag 3,75 prosent ved utgangen av 2007. Gjennom 2005 auka fleire sentralbankar i andre land rentene, mellom anna i euroområdet, USA, Canada, Australia, New Zealand og Sveits. Hos Noregs viktigaste handelspartnarar var rentene i gjennomsnitt om lag uendra i største delen av 2005, men mot slutten av året tok rentene seg noko opp. Det er venta at denne renteoppgangen vil halde fram.

Sjølv om prisveksten tok seg opp i 2005, var han framleis moderat. I gjennomsnitt auka konsumprisane (KPI) med 1,6 prosent, mens veksten i underliggjande inflasjon (målt ved KPI-JAE, som er konsumprisane justerte for avgiftsendringar og rekna utanom energivarer) var 1,0 prosent. I 2005 medverka høgare prisar på transporttenester og tenester innanfor kultur, fritid og helse og auka husleiger til å trekkje den underliggjande inflasjonen opp. Fall i prisane på importerte forbruksvarer som klede, møblar og audiovisuelt utstyr trekte prisveksten ned i 2005, men i mindre grad enn året før. Låge importprisar og auka konkurranse i produktmarknaden medverka til at andre nordiske land òg fekk låg prisvekst i 2005.

Det operative målet for pengepolitikken er ein årsvekst i konsumprisane som over tid er nær 2,5 prosent. Pengepolitikken skal vere framoverretta. Noregs Bank legg til grunn at ein rimeleg tidshorisont for å stabilisere inflasjonen normalt er eitt til tre år. I utøvinga av pengepolitikken i 2005 har Noregs Banks hovudstyre avvege omsynet til å bringe inflasjonen mot 2,5 prosent mot risikoen for at veksten i produksjonen etter kvart kan bli for sterk. Ifølgje bankens prognosar i Inflasjonsrapport 1/2006 kjem tolvmånadersveksten i den underliggjande inflasjonen (KPI-JAE) til å nå målet på om lag tre års sikt.

Låg prisvekst som følgje av at prisar fell på varer som vi importerer, eller som følgje av auka konkurranse, medverkar isolert sett til vekst i realinntektene og auka velferd. Prisstigninga i 2005, som var under det målet som er gitt i forskrifta for pengepolitikken, var ikkje eit teikn på svak økonomisk utvikling. Dette må ein ta høgd for i vurderingane av innrettinga av pengepolitikken.

Pengepolitikken skal medverke til stabilitet i produksjon og sysselsetjing. Dei betydelege rentekutta frå desember 2002 til mars 2004 har medverka til at aktiviteten i norsk økonomi har teke seg opp. Saman med den låge renta medverka sterk vekst i oljeinvesteringane til å trekkje innanlands etterspørsel opp. Etter kvart blei oppgangen i økonomien breiare. Aktiviteten og innteninga i fastlandsføretaka er no høg. Bedriftsleiarane ser lyst på den vidare utviklinga, og investeringane aukar kraftig. Veksten i talet på sysselsette personar var lenge moderat i denne konjunkturoppgangen, men i andre halvår 2005 tok han seg markert opp. Arbeidsløysa fell raskt. Dersom den sterke veksten i sysselsetjinga held fram i tråd med utsiktene for neste år, nærmar vi oss eit nivå på arbeidsløysa som i tidlegare oppgangsperiodar har gitt tiltakande vekst i lønnene.

Den låge renta vil framleis gi sterke vekstimpulsar til den økonomiske utviklinga, men etter kvart som renta stig, vil verknaden stilne. Ein må vente at den sterke økonomiske veksten vil halde fram i 2006. Risikoen for flaskehalsar og kapasitetsproblem i økonomien har auka.

I Inflasjonsrapport 1/2006 er produksjonsnivået i perioden 2006–2008 anslått til å bli høgare enn det som ville følgt av ei meir trendmessig utvikling. Dette biletet er i samsvar med anslaga til Statistisk sentralbyrå i Økonomisk utsyn over året 2005. Andre prognosemakarar, som til dømes OECD og Consensus Forecast, har om lag dei same vurderingane av utviklinga i norsk økonomi framover.

Ei rente som blir halden for låg for lenge, kan føre med seg ubalansar i det finansielle systemet. Den låge renta dei siste åra har medverka til at bustadprisar og hushalda si gjeld no veks klart sterkare enn inntekta. Hushalda si gjeldsbelastning er no høgare enn på slutten av 1980-talet. Noregs Bank har ved fleire høve peika på at analysar av utviklinga i gjeld, formuesprisar og låntakarars evne til å betale gjelda er med i grunnlaget for rentesetjinga. Det kjem mellom anna til syne i kriteria som Noregs Bank bruker for å vurdere om den framtidige utviklinga i renta er god, jf. boks 4.4, og i dei pengepolitiske vurderingane i inflasjonsrapporten.

Departementet merkar seg at Norges Bank Watch 2006 peikar på at den kraftige auken i formuesprisar dei siste åra ikkje kan ventast å vare, og at pengepolitikken må ta omsyn til at dei økonomiske verknadene av formuesprisar kan vare i lang tid framover. Departementet merkar seg òg at Kredittilsynet åtvarar mot den høge veksten i hushalda si gjeld. Ytterlegare vekst i bustadprisane kan føre med seg auka gjeldsbelastning for hushalda framover.

Den låge renta har medverka til å halde for­ventningane om framtidig inflasjon oppe, sjølv om den faktiske prisstigninga er venta å liggje under 2,5 prosent dei næraste åra. Ein må vente at høgare kapasitetsutnytting og ei tilstramming i arbeidsmarknaden framover vil medverke til høgare prisvekst. Forventningane til prisstigninga nokre år framover ser ut til å vere godt forankra omkring inflasjonsmålet. Etter departementet si oppfatning tyder inflasjonsforventningane på at det er brei tillit til at pengepolitikken over tid vil gi ei prisstigning i samsvar med inflasjonsmålet.

Med utgangspunkt i forskrifta skal pengepolitikken òg medverke til å stabilisere forventningane om valutakursutviklinga. Pengepolitikken blei gjennom 2005 innretta mot at renta gradvis skulle auke frå eit lågt nivå. Uvisse om innrettinga av pengepolitikken kan gi seg utslag i valutamarknaden. Brå renteendringar kan gi store utslag i krona. Gjennom 2005 har Noregs Bank klart og tydeleg kommunisert intensjonane bak innrettinga av pengepolitikken. Noregs Bank sine anslag for renteutviklinga tyder på at rentedifferansen mot utlandet, målt mot eit gjennomsnitt av Noregs viktigaste handelspartnarar, vil halde seg låg dei nærmaste åra. Ei slik utvikling samsvarar med om lag uendra kronekurs framover. Publiseringa av banken sine eigne anslag for renta framover medverkar etter departementet sitt syn til å stabilisere forventningane om valutakursutviklinga.

I ein liten, open økonomi som Noreg har valutakursen stor verknad både på prisstigninga og på utviklinga i produksjon og sysselsetjing. Eit kjent handlingsmønster i rentesetjinga gir grunnlag for at aktørane i finansmarknaden reagerer stabiliserande på ny informasjon om den økonomiske utviklinga. I eit foredrag om erfaringane med inflasjonsstyring 7. juni 2005 sa sentralbanksjefen mellom anna:

«Utviklingen i valutakursen har betydning når renten blir fastsatt, fordi kursen påvirker inflasjonen og produksjonen. Når det er utsikter til moderat aktivitet i økonomien, lav lønnsvekst og lav inflasjon, vil sentralbanken sette ned renten. Det vil normalt gi en svakere valuta. Prisene på importerte varer og tjenester vil øke. Svakere valuta styrker konkurranseevnen til landets virksomheter og øker indirekte produksjonen, sysselsettingen og inflasjonen.»

Norges Bank Watch 2006 gjentek bodskapen frå Norges Bank Watch 2005 om at Noregs Bank i nokre samanhengar tonar ned at pengepolitikken òg skal medverke til valutakursstabilisering. I Kredittmeldinga 2004 skreiv departementet mellom anna:

«Forskriftas § 1 seier at pengepolitikken skal sikte mot stabilitet i den nasjonale og internasjonale verdi av den norske krona, og dessutan medverke til stabile forventningar om valutakursutviklinga. Det operative målet for pengepolitikken er låg og stabil inflasjon. I samsvar med dette er det ikkje fastsett noko bestemt mål for nivået på kronekursen. Utviklinga i kronekursen har likevel vesentleg innverknad på rentesetjinga fordi den påverkar inflasjonen og produksjonen.

Noregs Bank skal i tråd med forskrifta medverke til stabile forventningar om valutakursutviklinga. Valutakursen kan frå tid til anna bli utsett for ulike former for forstyrringar som gjer den mindre stabil på kort sikt enn over tid. Stabile forventningar om valutakursutviklinga er i slike situasjonar viktige mellom anna for at næringslivet skal kunne fatte riktige investeringsavgjerder. Noregs Banks analysar og kommunikasjon rundt tilbakevendingsmekanismar for valutakursen er derfor viktige for å medverke til stabile forventningar om den framtidige valutakursutviklinga.»

Desse vurderingane står framleis ved lag.

Prisstigninga i 2005 låg under målet som er gitt i forskrifta for pengepolitikken. Den låge inflasjonen var ikkje eit teikn på svak økonomisk utvikling. Den låge renta gav sterke vekstimpulsar til norsk økonomi i fjor, og vil framleis gi vekstimpulsar til den økonomiske utviklinga. Det er venta at den høge veksten held fram. Arbeidsløysa fell raskt og nærmar seg eit nivå som i tidlegare oppgangsperiodar har gitt tiltakande vekst i lønnene. Pengepolitikken skal i tråd med retningslinjene vere framoverretta. I utøvinga av pengepolitikken i 2005 har Noregs Banks avvege omsynet til å bringe inflasjonen mot 2,5 prosent mot risikoen for at veksten i produksjonen etter kvart kan bli for sterk. Dette har ført til at Noregs Bank i fjor sette opp renta med til saman 0,5 prosentpoeng. Etter ei samla vurdering har departementet ingen vesentlege merknader til Noregs Banks skjønnsutøving i rentesetjinga i 2005.

4.3 Rekneskap og budsjett for 2005

4.3.1 Balansen 31. desember 2005

Tabell 4.1 og 4.2 viser Noregs Banks balanserekneskap ved utgangen av 2005, samanlikna med tilsvarande tal for 2004.

Tabell 4.1 Eigedelane til Noregs Bank 31. desember 2005 i millionar kroner

Eiendeler20052004
Utanlandske finansielle eigedelar :
Verdipapir og innskot219 137186 187
Utlån94 49074 184
Fordringar på Det internasjonale valutafondet4 5377 989
Sum internasjonale reservar318 163268 360
Andre utanlandske fordringar11339
Sum utanlandske fin. eigedelar ekskl. Statens pensjonsfond – Utland318 276268 399
Innanlandske finansielle og andre eigedelar :
Utlån bankar o.a.25 407494
Andre innanlandske fordringar1 3231 815
Varige driftsmidlar1 3861 395
Gullsamling291291
Sum innanlandske finansielle og andre eigedelar28 4073 995
Sum eigedelar ekskl. Statens pensjonsfond – Utland346 683272 394
Plasseringar for Statens pensjonsfond – Utland1 397 8961 015 471
Sum eigedelar1 744 5791 287 865

4.3.1.1 Noregs Banks aktiva

Brutto internasjonale reservar utgjer 318,3 milliardar kroner og inneheld mellom anna obligasjonar med gjenkjøpsavtalar. Gjenkjøpsavtalane må sjåast i samanheng med innlån frå utlandet, som medrekna pådregne renter utgjer 61,0 milliardar kroner. Netto internasjonale reservar utgjer 257,2 milliardar kroner.

Amerikanske dollar utgjorde 36,6 prosent og euro 39,8 prosent av valutareservane ved utgangen av 2005, mot respektive 35,4 prosent og 42,6 prosent året før.

Tabell 4.2 Noregs Banks gjeld og eigenkapital 31. desember 2005. Millionar kroner

Gjeld og eigenkapital20052004
Utanlandsk gjeld :
Innskot378310
Innlån61 00248 993
Anna gjeld333289
Motverdien av tildelte spesielle trekkrettar1 6201 575
Sum utanlandsk gjeld63 33351 167
Innanlandsk gjeld :
Setlar og mynt i omløp51 91047 595
Innskot frå statskassa109 62788 816
Innskot bankar o.a.42 70037 158
Anna gjeld10 488356
Sum innanlandsk gjeld214 724173 925
Sum gjeld ekskl. Statens pensjonsfond – Utland278 057225 092
Innskot Statens pensjonsfond – Utlands kronekonto1 397 8961 015 471
Sum gjeld1 675 9541 240 563
Kursreguleringsfond67 49146 096
Annan eigenkapital1 1341 206
Sum eigenkapital68 62547 302
Sum gjeld og eigenkapital1 744 5791 287 865

Eigedomsmasse, maskinar og inventar ut­gjorde 1,4 milliardar kroner pr. 31. desember 2005.

4.3.1.2 Noregs Banks passiva

Setlar og mynt i omløp auka i 2005 med 4,3 milliardar kroner til 51,9 milliardar kroner. Innskot frå statskassa auka i 2005 med 20,8 milliardar kroner til 109,6 milliardar kroner. Eigenkapitalen auka med 21,3 milliardar kroner til 68,6 milliardar kroner.

Etter resultatdisponeringa for 2005 utgjer kursreguleringsfondet 67,5 milliardar kroner.

Statens pensjonsfond – Utland er plassert som kroneinnskot på særskild konto i Noregs Bank. Noregs Bank plasserer desse midlane særskilt i bankens namn i aktiva som er denominerte i utanlandsk valuta. Forvaltninga i 2005 har vore i samsvar med forskrift for forvaltning av Statens petroleumsfond, fastsett med heimel i «lov av 22. juni 1990 nr. 36 om Statens petroleumsfond» § 7. Fondet utgjorde 1 397,9 milliardar kroner pr. 31. desember 2005.

4.3.2 Resultatrekneskapen for 2005

Noregs Bank hadde i 2005 eit overskot etter kursreguleringar på 21,3 milliardar kroner, mot eit overskot på 1,1 milliardar kroner året før. Hovudårsaka til dette er svekking av den norske krona mot dei fleste hovudvalutaene i valutareservane. I alt utgjer dette ein kursgevinst i 2005 på 8,4 milliardar kroner, mot eit kurstap i 2004 på 10,0 milliardar kroner.

Avkastninga på dei internasjonale reservane utgjer 28,6 milliardar kroner i 2005, mot 4,1 milliardar kroner i 2004.

Netto driftskostnader for Noregs Bank var i 2005 på 690 millionar kroner, mot 664 millionar kroner i 2004.

4.3.2.1 Disponering av resultatet i 2005

Retningslinjene for avsetjing og disponering av Noregs Banks resultat blei fastsette i kgl.res. 7. februar 1986. Retningslinjene er endra fleire gonger, seinast ved kgl.res. 6. desember 2002, og har følgjande ordlyd:

  1. «Av Norges Banks overskudd avsettes til kursreguleringsfondet inntil dette har nådd 5 prosent av bankens fordringer i norske verdipapirer og 40 prosent av bankens netto valutareserver unntatt immuniseringsporteføljen og de midler som forvaltes for Statens petroleumsfond, andre fordringer på/forpliktelser overfor utlandet og eventuelt andre engasjementer som av hovedstyret vurderes å ha ikke ubetydelig kursrisiko.

  2. Immuniseringsporteføljen svarer til den del av Norges Banks valutareserver som er skilt ut som egen portefølje der avkastning godskrives/belastes staten i samme års regnskap. Det samme gjelder for porteføljen til Statens petroleumsfond. Dersom kursreguleringsfondet er større enn det som følger av forholdstallene nevnt i pkt. 1, første avsnitt, skal det overskytende tilbakeføres til resultatregnskapet.

  3. Dersom kursreguleringsfondet faller under 25 prosent av bankens netto valutareserver unntatt immuniseringsporteføljen og de midler som forvaltes for Statens petroleumsfond, og andre fordringer/forpliktelser overfor utlandet ved utgangen av året, skal det tilbakeføres tilgjengelige midler fra overføringsfondet til Norges Banks regnskap inntil kursreguleringsfondet når full størrelse i henhold til punkt 1.

  4. Eventuelt overskudd etter avsetning til, eller tilførsel fra kursreguleringsfondet, avsettes til overføringsfondet.

  5. Eventuelle underskudd i Norges Banks regnskap etter disposisjoner nevnt under punkt 2 dekkes ved overføringer fra kursreguleringsfondet.

  6. Fra overføringsfondet overføres ved hvert årsoppgjør til statskassen et beløp svarende til en tredjedel av innestående midler i overføringsfondet.»

Tabell 4.3 Noregs Banks resultatrekneskap for 2004 og 2005

Resultatrekneskap20052004
Renteinntekter og utbytte9 1908 479
Verdiendring finansielle instrument10 9845 711
Kursreguleringar på valuta8 380-10 053
Resultat internasjonale reservar28 5554 137
Utbytte aksjar i BIS1818
Resultat andre utanlandske finansielle instrument-3 544-1 071
Resultat innanlandske finansielle instrument-147952
Rentekostnader innanlandske innskot-2 869-2 283
Resultat anna finansiell verksemd-6 541-2 384
Sum resultat finansiell verksemd22 0131 753
Resultat plasseringar for Statens pensjonsfond - Utland162 38832 937
Tilført Statens pensjonsfond – Utlands innskotskonto-162 388-32 937
Driftsinntekter1 3841 092
Driftskostnader-2 074 -1 756
Netto driftskostnader-690-664
Årsresultat21 3241 089
Overført frå kursreguleringsfondet00
Overført frå annan eigenkapital713 084
Til disposisjon21 3954 173
Avsett til kursreguleringsfond21 396-4 173
Avsett til overføringsfond00
Avsett til annan eigenkapital00
Sum disponeringar-21 395-4 173

I samsvar med første punkt blir overskotet etter andre disponeringar på 21 395 millionar kroner overført til kursreguleringsfondet. Dersom kursreguleringsfondet skulle ha spegla forholdstala i første punkt i forskrifta, skulle det ha utgjort 102,1 milliardar kroner. Det var ikkje midlar i overføringsfondet, og det blei derfor ikkje overført noko til statskassa.

Fotnotar

1.

Døydde i perioden

2.

Døydde i perioden

3.

(EF) 2560/2001 om betalingar på tvers av landegrensene i euro (euroforordninga) o.a. – gjennomført i norsk rett ved endring i finansavtalelova § 9 1. januar 2005 (Ot.prp. 52 (2003–2004))

Til forsida