3 IKT i økonomien
3.1 Innleiing
Den hurtige og omfattande utviklinga av IKT er ei kjelde til meir effektive transaksjonar både i samfunnet generelt og internt i kvar einskild bedrift. Mange har av den grunn teke til orde for at vi er inne i eit viktig tidsskilje i den økonomiske utviklinga og har trekt parallellar til tidlegare teknologiske revolusjonar som innføringa av elektrisitet, forbrenningsmotoren og telekommunikasjon. Påstandar om ein omfattande digital revolusjon vert underbygde med at IKT er ein gjennomgripande teknologi 1 som aukar produktiviteten i ei rekkje sektorar i økonomien, frå fôring i oppdrettsnæringa, via automatisering i industrien til drastiske endringar i vidt forskjellige næringar som varehandel, bank og forsikring. IKT gjer det òg mogleg å drive meir effektiv og betre offentleg tenesteproduksjon. I tillegg blir naturleg nok også dei næringane som står i sentrum av endringane påverka, nemleg IKT-næringane 2.
Med bakgrunn i den omfattande utbreiinga av IKT er det gjennomført ei rekkje studiar som søkjer å talfeste kor viktig denne teknologien er for økonomisk vekst. Produktivitetsvekst blir ofte nytta som mål på økonomisk utvikling i eit land, og produktivitetsveksten blir i prinsippet målt etter kor mykje av produksjonsveksten som ikkje skyldast auka bruk av ressursar. Produktivitetsveksten kan såleis seiast å vere et uttrykk for evna til å produsere varer og tenester meir effektivt eller «smartare» enn før. Jo høgare produktivitetsveksten er, jo meir vil vi kunne ta ut i form av dømes auka lønn eller auka fritid. Veksten i eit lands produktivitet avheng av ei rekkje forhold, blant anna kor effektiv arbeidskrafta er, tilgangen på kapital og innovasjonsevna i bedriftene.
Boks 3.1 Produktivitet
Arbeidskraftsproduktivitet er eit hyppig brukt produktivitetsmål, blant anna fordi det enkelt kjem fram som forholdet mellom produksjon og arbeidsinnsats. Auka arbeidskraftsproduktivitet kan dekomponerast i bidrag frå auka bruk av andre innsatsfaktorar, til dømes tilførsel av meir kapital eller andre ressursar per arbeidstime som normalt gir auka produksjon og totalfaktorproduktivitet (TFP).
TFP måler bidraget til produksjonsveksten som ikkje kan tilskrivast auka bruk av ressursar, ofte omtalt som «rein produktivitetsvekst». Rein produktivitetsvekst inneber derfor at ein får noko «gratis». Derfor er rein produktivitetsvekst ei av dei fundamentale drivkreftene bak auka økonomisk velstand. Viktige faktorar bak rein produktivitetsvekst er auka kunnskap, forskingsresultat og innovasjonar som ikkje taper seg endå om fleire får glede av dei. TFP-veksten blir òg påverka av endra kapasitetsutnytting, stordriftsfordelar, bidrag frå uspesifiserte innsatsfaktorar, osv.
Generelt kan utviklinga i og bruken av IKT seiast å påverke den økonomiske veksten gjennom tre kanalar:
Innovasjonar i IKT-næringa som blant anna omfattar datamaskinar, programvare og kommunikasjonsutstyr, gir auka produktivitetsvekst i denne industrien.
Produktivitetsvekst i IKT-næringa fører til lågare prisar og betre kvalitet på IKT-utstyr. Det gjer det lønnsamt for næringslivet elles å auke investeringane i IKT-utstyr. Med meir og betre utstyr kan produksjonen per arbeidar auke hos brukarane av IKT.
Produktivitetsvekst som resultat av meir effektiv bruk av IKT i næringslivet. Dette kan vere effektiv bruk av IKT gjennom nye tenester, endra forretningsmodellar og organisasjonsmessige tilpassingar.
På kortsikt vil reduksjonar i prisar på telekommunikasjonsutstyr, programvare og maskinvare gjennom innovasjonar i IKT-næringa medverke til auka IKT-investeringar i dei bedriftene som nyttar IKT. Dette bidrar til å (1) auke produktiviteten i IKT-produserande sektor og (2) gir auka produktivitet i næringslivet elles ved at forholdet mellom kapital og arbeidskraft aukar. Til dømes vil nye og kraftigare PC-ar bidra til å auke produktiviteten til arbeidarane.
På lengre sikt vil investeringane verksemdene gjer i IKT kunne verke med til auka effektivitet i næringslivet ved effektivisering i produksjonen av eksisterande varer og tenester eller utvikling av nye varer og tenester. Dette fordrar ofte komplementære investeringar i nye forretningsmodellar og organisasjonsmessige tilpassingar. Ein studie frå OECD 3 indikerer at for kvar krone bedrifta investerer i IKT-løysingar, krevst det i gjennomsnitt ytterlegare investeringar i storleik åtte til ni kroner i organisasjonsutvikling og omlegging av arbeidsrutinar.
3.2 Det har historisk vore vanskeleg å kvantifisere IKTs bidrag til produktivitetsvekst
Dei fleste vesteuropeiske land erfarde ein nedgang i produktivitetsveksten etter 1973. I USA var produktivitetsveksten i gjennomsnitt 1,5 prosent i perioden 1973 – 1995, langt bak gjennomsnittet for tidlegare desennium. Det som fanga interessa til økonomane var likevel dei store kapitalinvesteringane i IKT på slutten av 1980-tallet, og den auken i IKT-kompetanse som kom som eit resultat av desse investeringane. Det rådde lenge ei oppfatning av at desse investeringane ville ha ein positiv påverknad på USA sin økonomi, men det var vanskeleg å finne empirisk underlag for denne samanhengen. Nobelprisvinnar i økonomi Robert Solow 4 uttalte i 1987:
«You can see the computer age everywhere but in the productivity statistics».
Figur 3.1 viser investeringar i IKT-utstyr for ulike OECD land, og viser at IKT- investeringar i USA som del av bruttorealinvesteringar har auka frå om lag 18 prosent i 1985 til 25 prosent i 1995.
Investeringane i IKT heldt fram gjennom heile 1990-talet i USA, og frå om lag 1995 opplevde landet ein ekstraordinært høg vekst, både i arbeidskraftsproduktivitet (gjennomsnittleg fem prosent i perioden 1996 – 2000) og totalfaktorproduktivitet. Ei slik utvikling ville normalt ført til skort på arbeidskraft og påfølgjande lønns- og prisinflasjon, men det var i denne perioden ikkje eit vesentleg inflasjonspress i amerikansk økonomi. Tanken om ein positiv samanheng mellom IKT og produktivitetsvekst fikk dermed ny næring. På grunn av mangelfull tilgang på data, var det ikkje før den kjende artikkelen til Jorgenson 5 og Stiroh i 2000 ein klarte å påvise bidrag frå investeringar i IKT på økonomisk vekst. Forfattarane peiker her på at den monalege auken i bedrifters kapitalinvesteringar i USA sidan 1995 har bidratt til vekst i arbeidskraftsproduktiviteten på nesten eit prosentpoeng. Bidraget frå investeringar i IKT utstyr forklarer over halvparten av denne veksten:
«The vaulting contribution of capital input since 1995 has boosted growth by close to a percentage point [in the U.S.]. The contribution of investment in IT accounts for more than half of this increase. Computers have been the predominant impetus to faster growth, but communications equipment and software have made important contributions as well».
Kva IKT hadde å seie for amerikansk økonomi i denne perioden er også omtalt av tidlegare sentralbanksjef Alan Greenspan 6. Han peiker på at før midten av 1990-tallet var det vanskeleg å observere effektane i økonomien av alle milliardane av dollar som bedriftene hadde investert i informasjonsteknologi. Greenspan seier at investeringane i den nye teknologien sannsynlegvis ikkje hadde nådd kritisk storleik og at PC-ane i stor utstrekning ikkje var knytte saman. Han påpeiker at den fulle verdien av computerkrafta kan realiserast berre når PC-ane er knytte saman via moderne kommunikasjonssystem:
«Until the mid-1990’s, the billions of dollars that businesses had poured into information technology seemed to leave little imprint on the overall economy. The investment in new technology arguably had not yet cumulated to a sizable part of the U.S capital stock, and computers were still being used largely on a stand –alone basis. The full value of computing power could be realised only after ways had been devised to link computers into large-scale networks…»
Frå 1995 auka forskjellane i produktivitet mellom USA og Europa. Ulik utvikling i bruk og utnytting av IKT i USA og EU blei ofte nytta som forklaring på dette fenomenet. Dette førte i sin tur til Lisboa-erklæringa: «Europa skal bli verdas sterkaste kunnskapsbaserte økonomi innan 2010.» Delar av Lisboa-erklæringa blei konkretisert gjennom utviklinga av eEurope-planane. IKT blei sett på den politiske dagsordenen. I Noreg har vi etablert tilsvarande strategiar gjennom eNoreg-planane. 7
3.3 Produktivitetsvekst i USA og Europa 8
Som omtalt innleiingsvis i kapitlet vil IKTs bidrag til eit lands produktivitetsvekst vere ein omfattande prosess basert på investeringar i kapital, introdusering av nye varer og tenester, endra forretningsmodellar og organisasjonsendringar og frigjering av arbeidskraft frå mindre til meir produktive bruksmåtar. Dei direkte effektane av IKT på produktivitet er knytte til innovasjonar og effektivitet i IKT-næringane. Dette leier til auka IKT-investeringar i næringslivet elles og større produktivitet ved at det blir meir kapital per arbeidar. Dei indirekte effektane av IKT oppstår ofte på lengre sikt og er knytte til korleis næringslivet elles tek i bruk IKT for å effektivisere eksisterande produksjon av varer og tenester eller utviklinga av nye produkt og tenester. Dette krev som nemnt ofte komplementære investeringar i nye forretningsmodellar og organisasjonsmessige tilpassingar.
Det er brei semje om at produktivitetsveksten på 1990-tallet auka sterkt i dei sektorane som produserer IKT-utstyr. Figur 3.2 viser vekst i arbeidskraftproduktivitet for USA og EU-15 (før siste utviding av EU) for åra 1995 – 2005 dekomponert etter bidrag frå:
Investeringar i IKT-utstyr i nyttande næringar (meir kapital per arbeidar).
Effektivitetsgevinstar i IKT-næringa (innovasjonar).
Andre investeringar.
Effektivitetsgevinstar i andre næringar.
Det direktebidraget frå IKT er fanga opp i dei to første kulepunkta. I perioden 1995 – 2000 var den samla produktivitetsveksten i USA 2,4 prosent. Av dette var IKTs direktebidrag heile 74 prosent, der IKT-næringa bidrog gjennom innovasjonar og lågare prisar på IKT-utstyr med 30 prosent, mens auka IKT-investeringar i nyttande næringar bidrog med om lag 44 prosent. Tilsvarande tal for EU-landa (EU-15) i denne perioden viste at IKT bidrog til å forklare om lag halvparten av EUs produktivitetsvekst som i denne perioden var om lag 1,8 prosent. Bidraget til produktivitetsvekst frå IKT-næringane var vesentleg mindre i EU-15 enn i USA.
I perioden 2000 – 2004 auka gapet i produktivitetsvekst mellom EU og USA. I USA auka produktivitetsveksten frå 2,3 prosent til om lag 2,8 prosent, mens produktivitetsveksten i EU-15-landa gjekk ned frå 1,8 prosent til om lag 1,1 prosent. IKTs direkte bidrag til produktivitetsveksten fall i USA i denne perioden frå 74 prosent til 33 prosent. I EU-15 var IKTs bidrag framleis 50 prosent.
Men det som vekte interesse hos økonomane var den totalt forskjellige utviklinga i EU-15 og USA knytt til utviklinga i effektivitetsgevinstar i andre næringar enn IKT. I USA var effektivitetsgevinstar frå andre næringar i denne perioden med på å forklare om lag halvparten av produktivitetsveksten, mens tilsvarande tal for EU berre var 2 prosent. Blant dei næringane som medverka sterkast til produktivitetsveksten i USA i denne perioden var handels- og finanssektorane. Desse sektorane gjorde monalege investeringar i IKT-utstyr spesielt i andre halvdelen av 1990-tallet og investeringane har truleg i svært stor grad vore med på å gjere mogleg effektivitetsgevinstane i desse sektorane (spillovereffektar). Til dømes har finansnæringa opplevd ei rask produktutvikling og ein monaleg overgang til ny teknologi og nye distribusjonsformer. Betalingsformidlinga er rasjonalisert, nettbankane har opplevd ei veldig kundetilstrøyming og ny teknologi har gjort mogleg nye og effektivitetsfremjande løysingar for næringslivet.
EU-kommisjonær Viviane Reding erkjenner 9 at det lågare nivået på og seinare investeringar i IKT i EU samanlikna med USA har medverka til at USA no i større grad har lagt grunnlaget for å hauste gevinstar i næringslivet knytte til effektiv bruk av IKT:
«Now you know that ICT is economically crucial. The latest EU25 data show that the sector represents just over 5 percent of the EU GDP. But this 5 percent drives 25 percent of overall growth and about 40 percent of our increase in productivity, which is the fundamental source of new wealth in the economy. This sounds good, but we could do better. Most economists now agree that weaker and later investment in ICT in the European economy has widened the productivity gap with the US. Their much larger ICT sector delivers benefits to their economy, yielding as much as 60 per cent of the productivity growth compared to 40 percent in Europe. I have said it before and I am going to repeat it here, this is not a failure, this gap for me is an opportunity gap, which we should manage to bridge. A wider and efficient use of ICT throughout the economy will help the EU to preserve and to extend its global competitive position.»
Boks 3.2 IKT og arbeidskraftsproduktivitet i Noreg
Bidraget til arbeidskraftsproduktivitet i Noreg er klart størst frå den IKT-nyttande sektoren. Sterkast har utviklinga vore i varehandel og innanriks samferdsel. Samferdselssektoren omfattar blant anna post- og telekommunikasjon, som har opplevd ei rask teknologisk utvikling gjennom bruk av IKT. Posten har gjennom store strukturendringar og omfattande nedbemanningar kombinert med tunge investeringar i IKT truleg oppnådd vesentlege effektivitetsgevinstar. Transportnæringa som er av stor betydning for logistikken til næringslivet elles, har opplevd ei stor kvalitetsforbetring i transportnettverka, blant anna som følgje av investeringar i IKT (elektroniske fraktbrev og booking, bruk av trådlaus teknologi, PDA (Personal Digital Assistant) med meir).
Innanfor telekommunikasjon har særleg nettverksoperatørane (i hovudsak Telenor og NetCom) opplevd ein enorm produktivitetsvekst blant anna som følgje av at nye nettverk (breiband og mobil) har lagt grunnlaget for utrulling av ei rekkje nye produkt og tenester. Reve og Jakobsen (2001)* viser for eksempel til at arbeidskraftsproduktiviteten hos nettverksoperatørane auka med 144 prosent frå 1995 til 1998.
Varehandelen har på same vis vore gjennom ein periode med høg omstillingstakt, både strukturelt og teknologisk. Strukturelt har vi sett ein rask framvekst av integrerte kjeder, samtidig som det har skjedd ei vesentleg konsolidering i sektoren. Teknologisk har varehandelen vore ei føregangsnæring når det gjeld å ta i bruk IKT, for eksempel i form av elektronisk varemerking og skanning, automatiske bestillingssystem, kundekort og elektroniske betalingssystem. Desse omstillingane har gitt grunnlaget for realisering av monalege rasjonaliseringsgevinstar gjennom blant anna betra logistikk og vareflyt.
* Reve og Jakobsen 2001: «Et verdiskapende Norge», Universitetsforlaget
Kjelde: ECON 2003, IKT og produktivitet
Det er venta at Europa i framtida vil hente dei største gevinstane frå meir effektiv bruk av IKT 10. Dette skyldast at utvikling av IKT-utstyr er kjenneteikna ved ein vesentleg innovasjon og at prisen på utstyr går ned med talet på produserte einingar. IKT-næringa er kjenneteikna ved å vere global og det er relativt få handelshindringar mellom ulike land knytte til kjøp og sal av IKT-utstyr. Dette inneber at innovasjonar i denne næringa vil bidra til billegare IKT-utstyr i dei fleste land. Det er derfor naturleg at dei fleste land ikkje vil ha ei stor IKT-næring.
OECD påpeiker 11 at ein stor IKT-sektor ikkje er nødvendig, og heller ikkje tilstrekkeleg for å oppnå høg produktivitetsvekst:
«Several countries … that are characterised by high ICT investment and use, as well as high … productivity growth, do not have a large ICT sector. In addition, one or two countries that do have a large ICT sector have not been among the high growth countries of the 1990s.»
OECD påpeiker 12 vidare at IKTs stadig aukande betydning for verdiskaping, inneber at politikarar bør etablere slike rammevilkår at næringslivet maktar å hente ut gevinstane som er knytte til effektiv bruk av teknologien. Politikk for å auke utbreiinga av IKT i næringslivet er ikkje tilstrekkeleg. Politikken må òg rettast inn mot å skape gode vilkår for vekst og innovasjon.
Fotnotar
IKT blir ofte omtalt som ein «General Purpose Technology» (Helpman og Trajtenberg, 1994): Teknologien har stor utbreiing i ulike sektorar og drar nytte av kontinuerlige forbetringar – illustrert ved t.d Moore’s lov som seier at talet på transistorar på ein chip blir dobla kvar 18. månad – sjå og tabell 2.1.
I SSBs definisjon av IKT-næringa inngår: IKT-industri, IKT-varehandel, telekommunikasjons- og IKT-konsulentverksemd. Dette er ein internasjonalt akseptert definisjon.
OECD 2003, ICT and Economic Growth.
Solow, R (1987), ’We’d Better Watch Out’, New York Review of Books, July 12.
Jorgenson, D.W. and K. Stiroh (2000), ”Raising the Speed Limit: U.S. Economic Growth in the Information Age”, Brookings Papers on Economic Activity, 1, s 125-211.
Remarks of Alan Greenspan, ’Technology Innovation and its Economic Impact’ before the National Technology Forum, St. Louis MO April 7, 2000.
Lisboa-erklæringa og eNoreg-planane er omtalte i kapittel 2.
På grunn av mangelfull tilgang på data for Noreg vil omtalen av produktivitetsvekst i dette kapitlet vere basert på samanlikningar mellom USA og EU-15.
Vivian Reding, tale London september 2005, http://www.i2010.org.uk/keynote_speeches_Viviane_Reding.html
DTI – i2010 – Responding to the challenge, September 2005.
OECD 2004, The Economic Impact of ICT: Measurement, Evidence and Implications.
OECD 2003, Seizing the Benefits of ICT in a Digital Economy.