1 Hovudtrekk i finanspolitikken
1.1 Innleiing
Finansdepartementet legg med dette fram meldinga om statsrekneskapen medrekna folketrygda for 1999.
Dei samla inntektene i statsrekneskapen for 1999 var 499,6 mrd. kroner medan utgiftene var på 467,0 mrd. kroner. Inntektene frå petroleumsverksemda var på 44,6 mrd. kroner. Statsrekneskapen viser dermed eit oljekorrigert underskot på 12,1 mrd. kroner. Det vart i samband med nysalderinga av 1999 budsjettet vedteke at 18,5 mrd. kroner av petroleumsinntektene skulle inntektsførast på statsbudsjettet. Statsrekneskapen vart dermed gjort opp med eit overskot på 6,4 mrd. kroner. Den attverande delen av petroleumsinntektene på 26,1 mrd. kroner vert avsett i Statens petroleumsfond.
I denne meldinga vert det óg gjort greie for inntektene og utgiftene til Statens petroleumsfond. Forutan overføringa frå statsrekneskapen viser rekneskapen for fondet 7,3 mrd. kroner i renteinntekter og utbyte. Statens petroleumsfond viser dermed eit samla overskot på 33,4 mrd. kroner for 1999. Ved utgangen av 1999 var kapitalen i fondet 220,9 mrd. kroner.
Samla sett vert statsrekneskapen og Statens petroleumsfond gjort opp med eit overskot på 39,9 mrd. kroner.
Denne meldinga omfattar statsrekneskapen medrekna folketrygda, rekneskapen for Svalbard, statsgarantiar, tilsegns- og tingingsfullmakter, oppgåve over aksjar og informasjon om rekneskapa for dei offentlege fonda.
I meldinga vert det gjort greie for løyvingane på statsbudsjettet og rekneskapsførde tal. Det vert òg lagt vekt på å forklare avvik mellom budsjett og rekneskap, jf. avsnitt 1.4. I kapittel 2 er det gitt ei oversikt over inntektene og utgiftene. I kapittel 3 er det gitt nærare omtale av ein del utvalde område i 1999-budsjettet. I kapittel 4 er det gjort greie for utgiftene under folketrygda, medan finanspostar og kapitalrekneskapen er tema for kapittel 5. I kapittel 6 er det gjort greie for rekneskapen til Statens petroleumsfond.
1.2 Budsjettpolitikken
Budsjettpolitikken vert brukt aktivt for å jamne ut svingingane i økonomien og til å styrkje sysselsettinga på lengre sikt. Budsjettutviklinga må samstundes vere forsvarleg i eit fleirårleg perspektiv.
Ein viser elles til at budsjettutviklinga gjennom 1999 er omtalt i St.prp. nr. 67 (1998-99) Omprioriteringer og tilleggsbevilgninger på statsbudsjettet medregnet folketrygden 1999, Revidert nasjonalbudsjett 1999, Gul bok 2000, Nasjonalbudsjettet 2000 og St.prp. nr. 30 (1999-2000) Ny saldering av statsbudsjettet medregnet folketrygden 1999.
Tabell 1.1 Inntekter og utgifter utanom lånetransaksjonar på statsbudsjettet og Statens petroleumsfond (Tal i mill. kroner)
1998 | 1999 | Pst. Vekst | |
---|---|---|---|
1. Statsbudsjettet | |||
A Inntekter i alt | 471 328 | 499 570 | 6,0 |
A.1 Inntekter frå petroleumsverksemd | 72 649 | 75 589 | 4,0 |
A.2 Inntekter utan petroleumsinntekter | 398 678 | 423 981 | 6,3 |
B Utgifter i alt | 443 741 | 467 009 | 5,2 |
B.1 Utgifter til petroleumsverksemd | 27 608 | 30 962 | 12,1 |
B.2 Utgifter utan petroleumsverksemd | 416 132 | 436 047 | 4,8 |
Statsbudsjettets oljekorrigerte overskot (A.2-B.2) | -17 454 | -12 066 | -30,9 |
+ Overført frå Statens petroleumsfond | 17 059 | 18 494 | 8,4 |
= Statsbudsjettets overskot før lånetransaksjonar | -395 | 6 428 | - |
2. Statens petroleumsfond | |||
Statsbudsjettets netto kontantstraum frå petroleumsverksemda (A.1-B.1 vert overført til Statens petroleumsfond) | 45 041 | 44 627 | -0,9 |
- Overført til statsbudsjettet | 17 059 | 18 494 | 8,4 |
+ Renteinntekter og utbyte i fondet | 6 183 | 7 296 | 18,0 |
= Overskot i Statens petroleumsfond | 34 164 | 33 429 | -2,2 |
3. Statsbudsjettet og Statens petroleumsfond samla | |||
Overskot | 33 769 | 39 857 | 18,0 |
Tabell 1.2 Lånetransaksjonar og finansieringsbehov (Tal i mill. kroner)
1998 | 1999 | Pst. Vekst | |
---|---|---|---|
Utlån, aksjeteikning m.v. | 52 022 | 67 162 | 29,1 |
- Tilbakebetalingar | 43 119 | 54 848 | 27,2 |
- Statsbudsjettets overskot | -395 | 6 428 | - |
= Netto finansieringsbehov | 9 298 | 5 886 | -36,7 |
+ Gjeldsavdrag | 46 013 | 23 821 | -48,2 |
= Statsbudsjettets brutto finansieringsbehov | 55 311 | 29 707 | -46,3 |
Samanlikna med 1998 har inntekter utanom lånetransaksjonar og inntekter frå petroleumsverksemda gått opp med 6,3 pst. Utgifter utanom lån og petroleumsverksemda har auka med 4,8 pst. Det oljekorrigerte underskotet er redusert med 5,4 mrd. kroner frå 1998 til 1999. Samstundes har netto oljeinntekter gått ned med 0,4 mrd. kroner. Statens petroleumsfond sine renteinntekter og utbyte auka med 1,1 mrd. kroner. Statens petroleumsfond sitt overskot er dermed redusert med 0,7 mrd. kroner og samla overskot i statsbudsjettet og Statens petroleumsfond er auka med 6,1 mrd. kroner.
1.3 Nærare om utviklinga av budsjettet for 1999 gjennom budsjettåret
Tabell 1.3 gjev eit samla oversyn over inntektene, utgiftene, overskotet på statsbudsjettet og statsrekneskapen og Statens petroleumsfond for 1999, medan tabell 1.4 viser utviklinga i statskassa sitt finansieringsbehov.
Tabell 1.3 Inntekter og utgifter utanom lånetransaksjonar på statsbudsjettet og Statens petroleumsfond 1999 (Tal i mill. kroner)
Saldert budsjett (Blå bok) | Nysaldert budsjett | Anslag på rekneskap etter nysaldering | Rekneskap 1999 | |
---|---|---|---|---|
1. Statsbudsjettet | ||||
A Inntekter i alt | 506 164 | 491 413 | 491 413 | 499 570 |
A.1 Inntekter frå petroleumsverksemd | 81 659 | 74 680 | 74 680 | 75 589 |
A.2 Inntekter utan petroleumsinntekter | 424 505 | 416 733 | 416 733 | 423 981 |
B Utgifter i alt | 455 506 | 464 047 | 465 347 | 467 009 |
B.1 Utgifter til petroleumsverksemd | 25 517 | 30 120 | 30 120 | 30 962 |
B.2 Utgifter utan petroleumsverksemd | 429 989 | 433 927 | 435 227 | 436 047 |
Statsbudsjettets oljekorrigerte overskot (A.2-B.2) | -5 483 | -17 194 | -18 494 | -12 066 |
+ Overført frå Statens petroleumsfond | 5 483 | 18 494 | 18 494 | 18 494 |
= Statsbudsjettets overskot før lånetransaksjonar | 0 | 1 300 | 0 | 6 428 |
2. Statens petroleumsfond | ||||
Statsbudsjettets netto kontantstraum frå petroleumsverksemd | 56 142 | 44 560 | 44 560 | 44 627 |
(A.1-B.1) vert overført til Statenspetroleumsfond - Overført til statsbudsjettet | 5 483 | 18 494 | 18 494 | 18 494 |
+ Renteinntekter og utbyte i fondet | 6 076 | 6 800 | 6 800 | 7 296 |
= Overskot i Statens petroleumsfond | 56 735 | 32 866 | 32 866 | 33 429 |
3. Statsbudsjettet og Statens petroleumsfond samla | ||||
Overskot | 56 735 | 34 166 | 32 866 | 39 857 |
Tabell 1.4 Lånetransaksjonar og finansieringbehov 1999 (Tal i mill. kroner)
Saldert budsjett (Blå bok) | Nysaldert budsjett | Anslag på rekneskap etter nysaldering | Rekneskap 1999 | |
---|---|---|---|---|
Utlån, aksjeteikning m.v. | 56 755 | 65 660 | 65 660 | 67 162 |
- Tilbakebetalingar | 49 770 | 53 675 | 53 675 | 54 848 |
- Statsbudsjettets overskot | 0 | 1 300 | 0 | 6 428 |
= Netto finansieringsbehov | 7 005 | 10 685 | 11 985 | 5 886 |
+ Gjeldsavdrag | 41 510 | 22 938 | 22 938 | 23 821 |
= Statsbudsjettets brutto finansieringsbehov | 48 515 | 33 623 | 34 923 | 29 707 |
I 1999 har inntektsløyvingane utanom lånetransaksjonar vorte redusert med 14,8 mrd. kroner frå 506,2 mrd. kroner i saldert budsjett (Blå bok) til 491,4 mrd. kroner i nysaldert budsjett. Utgiftsløyvingane utan lånetransaksjonar vart auka med 8,5 mrd. kroner frå 455,5 mrd. i saldert budsjett til 464,0 mrd. kroner ved nysaldering av budsjettet. Utgifter til petroleumsverksemda auka med 4,6 mrd. kroner. Når ein held lånetransaksjonar og petroleumsverksemda utanom, auka utgiftene med 3,9 mrd. kroner.
Auken i løyvingane utanom inntektsoppgjera vart på 8,3 mrd. kroner når ein held anslag på renter og dagpengar utanom. Auken i løyvingane gjeld meirutgifter i samband med forsvaret sine internasjonale operasjonar på 1,7 mrd. kroner, medan løyvingane til busetting av flyktningar, drift av statlege mottak o.a. auka med 1,2 mrd. kroner. Under kap.195 Fred, forsoning og demokrati auka løyvingane med 0,8 mrd. kroner. Det at flyttinga til nytt Rikshospital vart utsatt, har medført auka løyvingar på om lag 1,0 mrd. kroner, medan auka aktivitet ved sjukehusa har medført auka løyvingar på 0,9 mrd. kroner. Ein del av auken i utgiftene må sjåast i samband med tilsvarande auka inntekter.
Det vart ved salderinga av budsjettet avsett 5,3 mrd. kroner under kap. 2309 Tilfeldige utgifter (Ymse posten). Av dette vart 3,3 mrd. kroner nytta til lønnsoppgjera. Dei resterande 2,0 mrd. kronene dekkjer bare delar av auken i løyvingane på 8,3 mrd. kroner.
Reduserte anslag på renteutgifter på om lag 2,5 mrd. kroner har isolert sett medført lågare løyvingar. Anslaget på utgiftene til dagpengar medførte auka løyvingar på 0,1 mrd. kroner.
Nysaldert budsjett viste eit oljekorrigert underskot som er 11,7 mrd. kroner høgare enn i det opprinnelege salderte budsjettet. Oljeinntektene gjekk ned med 7,0 mrd. kroner og oljeutgiftene auka med 4,6 mrd. kroner, slik at netto inntekter frå oljeverksemda vart 11,6 mrd. kroner lågare enn i saldert budsjett. Anslaget for renteinntekter og utbyte i Statens petroleumsfond vart auka med 0,7 mrd. kroner. Samla sett innebar dette ei forverring i budsjettbalansen på 22,6 mrd. kroner.
I saldert budsjett for 1999 vart løyvingane til arbeidsmarknadstiltak og butiltak redusert grunna høge overførte løyvingar frå 1998 til 1999 under desse utgiftskapitla. Dei reduserte løyvingane gav ikkje lågare utgifter i statsrekneskapen for 1999, men reduserte overførte løyvingar frå 1999 til 2000. Dette vert det teke omsyn til i anslag på rekneskap ved framlegget av budsjettet. Både anslag på rekneskap ut frå saldert budsjett (Blå bok) og ut frå nysaldert budsjett viste difor 1,3 mrd. kroner høgare oljekorrigert underskot enn saldert og nysaldert budsjett. I løyvinga for overføring frå Statens petroleumsfond til statsbudsjettet ved nysalderinga av statsbudsjettet vart det teke omsyn til denne meirutgifta ved at overføringa frå fondet til statsbudsjettet vart auka med 1,3 mrd. kroner utover det som var naudsynt for å dekkje det budsjetterte oljekorrigerte underskotet.
Ei samla oversikt over løyvingsendringane gjennom 1999 er gjeve i St.prp. nr. 30 (1999-2000) Ny saldering av statsbudsjettet medregnet folketrygden 1999.
1.4 Hovudtala i statsrekneskapen for 1999 samanlikna med anslag på rekneskap ved nysalderinga av budsjettet
I statsrekneskapen for 1999 er oljekorrigert underskot 6,4 mrd. kroner lågare enn lagt til grunn ved nysalderinga. Tilbakeføringa frå Statens petroleumsfond til statskassa vart endeleg fastlagt i nysaldert budsjett for å dekkje det oljekorrigerte underskotet som då vart forutsett. På denne bakgrunnen vert statsrekneskapen for 1999 gjort opp med eit overskot på 6,4 mrd. kroner som utgjer avviket i det oljekorrigerte underskotet mellom anslag på rekneskap i nysalderinga og rekneskapen.
På inntektssida er skatte- og avgiftsinntektene auka med 3,7 mrd. kroner. Netto renter og aksjeutbyte er auka med 0,7 mrd. kroner. I tillegg viser rekneskapen meirinntekter på 1,6 mrd. kroner utanom petroleumsinntekter, skattar, renter og aksjeutbyte. Ein har då tatt omsyn til at føringstekniske forhold i rekneskapen gjev meirinntekter på 1,3 mrd. kroner samanlikna med budsjettet. Desse meirinntektene tilsvarar auka utgifter.
Utgiftene utanom petroleumsutgifter og renteutgifter vert redusera med 0,4 mrd. kroner. Dei auka utgiftene må sjåast på bakgrunn av 1,0 mrd. kroner høgare overførte løyvingar til 2000 i høve til overførte løyvingar frå 1998.
Rekneskapen for 1999 viser eit lånebehov på 29,7 mrd. kroner som er 5,2 mrd. kroner lågare enn lagt til grunn ved nysaldering av 1999-budsjettet.
1.4.1 Auka inntekter
Inntektene utanom lånetransaksjonar og petroleumsinntekter viser samla meirinntekter på 7 248 mill. kroner i høve til nysaldert budsjett.
Tabell 1.5 Samla meirinntekter (Tal i mill. kroner)
Skattar og avgifter frå Fastlands-Noreg | 3 695 |
Renter og aksjeutbyte | 656 |
Avskrivingar og andre inntekter frå forretningsdrifta | 298 |
Departementa sine inntekter | 2 600 |
Samla meirinntekt | 7 248 |
Inntektene under departementa vart 2 600 mill. kroner høgare enn budsjettert i nysaldert budsjett. Rekneskapen vil normalt gje ei meirinntekt for departementa. Mellom anna gjeld dette refusjonar av utgifter til arbeidsmarknadstiltak, fødselspengar og lærlingar som ikkje er inkluderte i løyvingane i budsjettet. I tillegg vert det overført midlar frå dei enkelte fagdepartementa til fylkesmannsembeta. Nokre departement har også høve til å utføre oppdragsverksemd mot refusjon av utgiftene. Slike meirinntekter utgjer samla om lag 1,3 mrd. kroner for 1999. Dei samla meirinntektene på 1,3 mrd. kroner svarar til tilsvarande meirutgifter og inneber dermed ikkje ei styrking av budsjettbalansen.
Den resterande auken i inntekter er på 6,0 mrd. kroner, inkl. 3,7 mrd. i auka skatte- og avgiftsinntekter. Mellom anna vart inntektene under Jernbaneverket, SND og politi- og lennsmannsetaten høgare enn budsjettert. Elles omfattar meirinntektene under departementa ei rekkje gebyr, refusjonar, sals- og leigeinntekter, oppdragsinntekter m.m.
1.4.2 Auka utgifter
Meirutgiftene i rekneskapen i høve til nysaldert budsjett for 1999 er netto på 820 mill. kroner når ein held lånetransaksjonar og statleg petroleumsverksemd utanom. Fleire omsyn bidreg imidlertid til høgare utgifter enn budsjettert. Departementa har ein auke i oppdragsinntekter som gjev tilsvarande meirforbruk under driftsutgiftene (jf. pkt. 1.4.1 ovanfor). Føring av refusjonar for utgifter til arbeidsmarknadstiltak og fødselspengar i statleg verksemd gjev både høgare inntekter og utgifter i rekneskapen enn i budsjettet. Ikkje-budsjetterte overføringar frå departementa til fylkesmannsembeta bidreg også til ein auke av både inntekter og utgifter i statsbudsjettet.
Når ein ser bort frå slike rekneskapstekniske forhold, viser rekneskapen 0,4 mrd. kroner lågare utgifter enn lagt til grunn ved nysaldert budsjett.
Dei lågare utgiftene kan tilskrivast høgare overførte løyvingar til 2000. På grunn av endra budsjettering av butiltak og arbeidsmarknadstiltak var det forventa at overførte løyvingar til 2000 skulle verte redusert med 1,3 mrd. kroner til 6,0 mrd. kroner. Rekneskapen viser imidlertid auka overførte løyvingar på andre område. Nedgangen i overført beløp når ein held lånetransaksjonar og statleg petroleumsverksemd utanom, var samla sett på berre 282 mill. kroner.
Dei siste fem åra har overføring av unytta løyvingar (inkl. lånetransaksjonar) vore slik (mill. kroner):
Overført løyving | Auke/Nedgang (-) | |
---|---|---|
1995-1996 | 11 760 | 2 671 |
1996-1997 | 11 454 | -306 |
1997-1998 | 9 810 | -1 643 |
1998-1999 | 7 334 | -2 477 |
1999-2000 | 7 050 | -284 |
Rekneskapen viser ei reell meirutgift på 0,6 mrd. kroner når ein tek omsyn til høgare overførte løyvingar frå 1999 til 2000. Driftsutgiftene under politi- og lennsmannsetaten, utgiftene til kontantstøtte og utgiftene til drift og vedlikehald under Jernbaneverket vart 173,8 mill. kroner, 169,5 mill. kroner og 404,0 mill. kroner høgare enn i nysaldert budsjett.
Eit reelt mindreforbruk under enkelte kapittel bidreg isolert sett til lågare utgiftsnivå i 1999. Det gjeld mellom anna utgiftene til drifttilskot til barnehagar som vart 253,9 mill. kroner lågare enn budsjettert og lågare utgifter på 262,5 mill. kroner til tilskot til Statens Pensjonskasse.
1.4.3 Redusert finansieringsbehov
Rekneskapen for 1999 viser at utgiftene til utlån vart 1 502 mill. kroner meir enn rekna med ved nysalderinga. Meirutgiftene til lånetransaksjonar er samansett slik (mill. kroner):
Bustadlån til statstilsette | 554,5 |
Statens lånekasse for utdanning | 394,3 |
Den norske stats husbank | 676,8 |
Statens nærings- og distriktsutviklingsfond, SND | -30,1 |
Statens miljøfond | -195,9 |
Garantiinstituttet for eksportkreditt | 223,9 |
Andre utlån | -120,9 |
Samla auke i utlåna | 1 502,5 |
I 1999 vart inntektene frå tilbakebetalingar 1 173 mill. kroner høgare enn budsjettert. Dette kjem av endra tilbakebetalingar frå (mill. kroner):
Statens Landbruksbank | 37,3 |
Den norske stats husbank | 821,0 |
Statens nærings- og distriktsutviklingsfond, SND | 149,5 |
Andre låntakarar | 165,2 |
Samla reduksjon i tilbakebetalingane | 1 173,0 |
Ved at netto utlån vart 329 mill. kroner høgare enn budsjettert og at statsbudsjettet viste eit overskot på 6 428 mill. kroner, vart statsbudsjettet sitt netto finansieringsbehov 6 099 mill. kroner mindre enn vurdert til ved nysalderinga av budsjettet.
Auka innbetaling av avdrag på statsgjeld med 883 mill. kroner gjorde at brutto finansieringsbehov vart redusert med til saman 5 216 mill. kroner i høve til anslag på rekneskapen i det nysalderte budsjettet.
1.5 Statens petroleumsfond
Oljeskattar og utgifter og inntekter av statleg petroleumsverksemd avvik slik frå nysaldert budsjett (mill. kroner):
Oljeskattar og CO2-avgift | -374 |
+ Inntekter frå statleg petroleumsverksemd | 1 283 |
- Utgifter til statleg petroleumsverksemd | 842 |
=Netto oljeinntekter i alt | 67 |
Netto driftsinntekter frå statleg petroleumsverksemd vart 1,3 mrd. kroner høgare enn i nysaldert budsjett ved at driftsinntektene i statleg petroleumsverksemd vart 1,8 mrd. kroner høgare medan driftsutgiftene samt leite- og feltutviklingsutgifter vart 0,5 mrd. kroner høgare. Meirutgiftene under statleg petroleumsverksemd kjem i hovudsak av at investeringane vart høgare enn rekna med i budsjettet.
Netto oljeinntekter er rekneskapsført med 67 mill. kroner meir enn rekna med i nysaldert budsjett. Ved at netto kontantstraum vart overført til Statens petroleumsfond er brutto overføring til fondet auka med same beløp, til 44 627 mill. kroner. Overføringa frå fondet til statskassa er slik det var budsjettert, noko som inneber at netto overføring til Statens petroleumsfond er 67 mill. kroner høgare i rekneskapen enn i det nysalderte budsjettet.