St.meld. nr. 33 (2000-2001)

Om Noregs deltaking i den 55. ordinære generalforsamlinga i Dei sameinte nasjonane (FN) og vidareførte sesjonar av FNs 54. generalforsamling

Til innhaldsliste

1 Samandrag

1.1 Hovudtrekk og aktørar - ei samla vurdering

Hans Majestet Kongen sa i hovudinnlegget på tusenårsforsamlinga sitt toppmøte, som innleidde den 55. generalforsamlinga, at verdssamfunnet må investere i Dei sameinte nasjonane (jf. vedlegg 1). Hans Majestet trekte opp den breie bakgrunnen for verdsorganisasjonen og dei vonene og aspirasjonane om fred og tryggleik for alle folk og nasjonar som er verdigrunnlaget for FN. Likevel er ufred og konfliktar ein del av kvardagen i store delar av verda. Skal organisasjonen kunne fylle rolla si, må han revitaliserast og i større grad setjast i stand til å løyse nye, kompliserte oppgåver innan fredstrygging og fredsbygging. Grunnlaget for krig og væpna konfliktar må fjernast. FN må styrkjast for å løyse dei stadig viktigare humanitære, sosiale og utviklingspolitiske utfordringar. Kampen mot fattigdom er den største utfordringa ved inngangen til det nye hundreåret. Denne kampen er nært knytt til utvikling, til betre utdanning og helse for alle, til menneskerettar og medråderett. Fred heng uløyseleg saman med desse grunnleggjande menneskerettane. Verdssamfunnet har ei sams målsetjing, og vi har midla til å nå den. Vi lever i ei tid med høve og rikdom utan sidestykke. Denne generasjonen vil aldri verte tilgjeven dersom han ikkje deler goda med dei mest trengande mellom oss. Desse goda er brua til fred og utvikling, til menneskerettar og eit verdig liv for alle. Dei er òg brua til eit betre miljø og til ein sams kamp mot miljøøydeleggingar. Hans Majestet oppmoda alle nasjonar til å medverke til å styrkje FN.

Den 55. generalforsamlinga vil verte hugsa som den mest vedtaksføre på mange år. Drøftingane under tusenårstoppmøtet og den semja om FN si rolle på 2000-talet som er nedfelt i erklæringa frå toppmøtet, sette ramma for arbeidet under haustsesjonen. Det er heller ingen tvil om at Generalsekretærens poengterte rapport til tusenårstoppmøtet gav FN og medlemslanda eit godt grunnlag for konstruktiv dialog og samlande vedtak. Arbeidet i Generalforsamlinga var meir fokusert enn tidlegare, og viljen til dialog og samarbeid, med unntak av eit knippe saker, var sterkare. Det hadde òg sitt å seie at Generalforsamlinga i sesjonen vart leidd med fast og dyktig hand av det finske presidentskapet.

Forsamlinga viste vilje til å prioritere to store og påtrengjande spørsmål, som etter tusenårsmøtet stod fram som prøvesteinar på FN si evne til å møte utfordringane i det nye hundreåret: styrking av organisasjonen sin kapasitet til å takle komplekse fredsoperasjonar (gjennomføring av Brahimi-rapporten) og å sikre FNs finansar ved å endre bidragsskalaene for utrekning av medlemslanda sine bidrag til FNs regulære budsjett og budsjettet for fredstryggjande operasjonar.

Generalsekretærens rapport om fredoperasjonar som òg er kalla Brahimi-rapporten, vart drøfta mykje i komiteane, og grunnlaget vart lagt for vidare gjennomføring av rapporten. Diskusjonen var til tider vanskeleg med trekk av nord-sør-motsetningar. Somme utviklingsland frykta at iverksetjinga av rapporten ville gå på kostnad av FN sine utviklingsretta aktivitetar. Det viste seg likevel mogleg å byggje bru over motsetningane. Den endelege handsaminga av Brahimi-rapporten i komitéen for administrative og budsjettmessige spørsmål medførte ei monaleg styrking av FN-sekretariatet for dette føremålet. Ei rekkje av hovudtilrådingane i rapporten må likevel handsamast seinare.

I komiteen for administrative og budsjettmessige spørsmål vart det vedteke at FN skal gå over til resultatbasert budsjettering. Dette er eit av dei viktigaste framlegga i Generalsekretærens reformpakke og har tidlegare møtt hardnakka motstand frå utviklingslanda (G77). Budsjettkomitéen godkjende òg langt på veg Generalsekretærens framlegg til nye stillingar for å styrkje tryggleiken til FN-personell i felten. Samla er desse vedtaka ein omfattande reformpakke som vil auke effektiviteten og gjere organisasjonen meir tidsretta.

Det store gjennombrotet er likevel vedtaka om ny bidragsskala både for det regulære budsjettet og for budsjettet for fredstryggjande operasjonar. Frå amerikansk side har ein i lengre tid kravd, på grunnlag av Helms-Biden II-lovgjevinga av november 1999, at USAs del av det regulære budsjettet skal setjast ned frå 25 til 22 prosent og frå ca. 30,4 til 25 prosent for fredstryggjande operasjonar. Etter lange og kompliserte forhandlingar vart det oppnådd eit kompromiss like før jul. Kompromisset oppfyller det amerikanske kravet om redusert del til FNs regulære budsjett og delvis kravet til nedsett del til FNs budsjett for fredstryggjande operasjonar, og gjev grunnlag for at USA betaler ein vesentleg del av den uteståande gjelda si. Det aller viktigaste ved vedtaket er likevel at det skaper eit tryggare grunnlag for den framtidige finansieringa av FN, noko som òg vart retningsgjevande for Noregs haldning i saka der ein freista å medverke til ei omsamd løysing. Den 55. generalforsamlinga vil verte hugsa som ei reformgeneralforsamling.

Toppmøtet på tusenårsforsamlinga

Årets generalforsamling, tusenårsforsamlinga, vart innleidd med eit tre dagars toppmøte med deltaking av 152 stats- og regjeringssjefar. Det er den største forsamlinga av toppleiarar nokon gong. Noreg var representert ved Hans Majestet Kongen og statsminister Jens Stoltenberg. Hans Majestet Kongen heldt det norske innlegget torsdag 7. september (jf. vedlegg 1). Den breie deltakinga er i seg sjølv ei stadfesting på FN si unike stilling som den einaste internasjonale institusjonen med global medlemskap og globalt mandat. Oppslutninga om tusenårsforsamlinga er òg eit uttrykk for at medlemslanda ynskjer å støtte opp om FN, og understrekar at organisasjonen framleis er relevant ved inngangen til eit nytt hundreår.

Innlegga som stats- og regjeringssjefane heldt på toppmøtet, dreidde seg i hovudsak om sentrale, overgripande tema som òg står på dagsordenen for den 55. generalforsamlinga og i Tryggingsrådet: auka innsats for fred og tryggleik, høve og utfordringar ved globaliseringa, enkeltmenneske sine rettar versus staten sine rettar, respekt for menneskerettar, fattigdomslindring, økonomisk og sosial utvikling gjennom godt styresett, auka internasjonalt samarbeid og ressursoverføringar, effektive tiltak mot miljøøydeleggingar og bevaring av ressursgrunnlaget. I dei fleste innlegga vart det lagt vekt på at FN-systemet måtte reformerast og vidareutviklast, og at det trengst større ressursar. Frå alle hald vart det understreka at FN enno vil trengast som eit forum for samarbeid om å løyse sams problem i ei verd der folk vert meir og meir avhengige av kvarandre.

Stats- og regjeringssjefane drøfta utfordringane for FN i det nye hundreåret i fire rundebord. Statsminister Jens Stoltenberg representerte Noreg i rundebordsdrøftingane og la vekt på kollektivt ansvar. Dette krev deling av goda og mekanismar som sikrar finansiering og utvikling av nye samarbeidsformer. Statsministeren framheva vidare at det krevst ei vidare utvikling og styrking av heile FN-systemet for å styrkje det kollektive ansvaret.

Både generaldebatten og rundeborda var prega av Generalsekretærens omfattande og poengterte rapport til tusenårsforsamlinga om utfordringane for FN og verdssamfunnet. Rapporten gav ei ramme om toppmøtet som inspirerte debattane og la grunnlaget for slutterklæringa frå tusenårstoppmøtet. Stats- og regjeringssjefane la vekt på det som samlar. Samtidig var mange utviklingsland opptekne av å markere kritiske synspunkt på spørsmål som såkalla humanitær intervensjon, den sivile sektoren si deltaking i FN-systemet, gjevarlanda sitt ansvar for å auke hjelpa, budsjetta for FN og meiningsinnhaldet i omgrepet godt styresett. Slike spørsmål utgjorde vanskelege punkt under framforhandlinga av slutterklæringa frå toppmøtet. Erklæringa fekk likevel ei tilfredsstillande og positiv form for alle partar. Ho står fram som ein sams dagsorden for fred, tryggleik, sosial og økonomisk utvikling, menneskerettar og vern av miljøet, basert på eit sams sett av verdiar forankra i FN-pakta. Ho inneheld òg konkrete og ambisiøse målsetjingar for m.a. fattigdomslindring, ivaretaking av borna sine behov og vern av dei svake, kamp mot HIV/AIDS og andre sjukdomar, busetjing, likestilling og berekraftig utvikling. Erklæringa har eit eige kapittel med fokus på Afrikas særlege behov. Ho speglar òg ei allmenn semje om at FN-systemet og Tryggingsrådet må reformerast, og at det krevst eit nærare samarbeid med Bretton Woods-institusjonane og WTO.

Generalforsamlinga vedtok ein resolusjon (RES/55/162) om ein årleg gjennomgang av målsetjingane og pliktene i toppmøteerklæringa på grunnlag av rapportar frå Generalsekretæren. Dette er eit godt utgangspunkt for å vidareføre det vellukka reformarbeidet frå den 55. generalforsamlinga.

I dei førebuande drøftingane av resolusjonen vart det likevel strid om dei frivillige organisasjonane sin plass og si deltaking i FN-systemet. Ei lita gruppe av land søkte under heile Generalforsamlinga å avgrense slik deltaking så langt som råd. Den relativt positive omtalen i toppmøteerklæringa av dei frivillige organisasjonane si deltaking synest ikkje å ha festa seg hjå somme medlemsland.

Generalforsamlinga og komitéane

Årets debatt i Generalforsamlinga, i veka etter toppmøtet, vart prega av toppmøtet og den positive tonen i erklæringa. Utanriksminister Thorbjørn Jagland heldt det norske innlegget (jf. vedlegg 2) som la vekt på den sterke norske støtta til FN og det multilaterale system. I debatten såg ein likevel tendensar til at gamle og nye motsetningar mellom gjevarland og utviklingsland vart skarpare profilerte enn under toppmøtet på tusenårsforsamlinga. Likeins bar arbeidet i komiteane framleis delvis preg av at partane søkjer å styrkje gamle posisjonar med liten vilje til nytenking. Somme nye saker medverka òg til å skape skiljeliner bygde på nord-sør-motsetningar. Likevel var Generalforsamlinga og arbeidet i komitéane prega av eit betre forhandlingsklima enn under den 54. generalforsamlinga. Det synest klart at tusenårstoppmøtet og erklæringa hadde ein positiv verknad på forhandlingsklimaet.

Eit klart unntak var diskusjonen i 3. komité om eit resolusjonsframlegg om æresdrap. Resolusjonen vart vedteken mot 25 røyster sjølv om framleggsstillarane hadde strekt seg svært langt for å kome i møte innvendingar frå muslimske land. Midtaustenspørsmålet er òg eit godt eksempel på at motsetningar kan vere av ein slik karakter at konsensus vert uråd. Den skjerpa konflikten mellom Israel og palestinarane har medverka til ei meir konfrontasjonsprega line i FN òg. Motsetningane kulminerte med spesialsesjonen i Generalforsamlinga og Tryggingsrådet si avvising av framlegget om ein FN-observatørstyrke i dei okkuperte områda den 18. desember i fjor. Drøftingane i 4. komité var prega av langt sterkare polarisering i dette spørsmålet, og det var ikkje aktuelt i år å fremje den såkalla positive resolusjonen om Midtausten. Det er ei allmenn vurdering på vestleg side at denne politikken har undergrave Generalsekretæren og FN si rolle i konflikten.

Drøftinga i Generalforsamlinga av reform av Tryggingsrådet viste enno ein gong at det er fleirtal for ei reform av Rådet både når det gjeld samansetjing og verkemåte. Men heller ikkje i år utkrystalliserte det seg ei løysing som kan ha von om å få to tredels fleirtal i forsamlinga.

Tryggingsrådet

Noreg vart den 10. oktober valt inn i Tryggingsrådet saman med Irland, Colombia, Mauritius og Singapore for perioden 2001-2002. Det er tjue år sidan Noreg siste hadde sete i Tryggingsrådet. Kandidaturen hadde full og aktiv støtte frå dei andre nordiske landa. Noreg hadde Irland og Italia som motkandidatar frå den vestlege gruppa.

Tryggingsrådet er no inne i ein svært travel og arbeidskrevjande periode. Rådet har i løpet av dei siste åra vist stor handlekraft. I inneverande periode har Rådet vedteke ein fredstryggjande operasjon i Etiopia/Eritrea, overvakt og sertifisert tilbaketrekkinga av israelske styrkar i Libanon og, for fyrste gong på fleire år, drøfta situasjonen i Midtausten og i dei palestinske områda. Rådet har òg handsama Brahimi-rapporten og slutta seg til hovudkonklusjonane. Rådet vil halde fram med utdjupinga si av vilkår for og gjennomføring av breitt baserte fredsoperasjonar. Interessant og positivt er det òg at Rådet sin humanitære dagsorden heile tida vert utvida, og dei mange humanitære dagsordenspunkta i seinare tid er supplerte med m.a. HIV/AIDS, kvinner, fred og tryggleik og vern av sivile i væpna konfliktar. Nytt er det òg at Rådet oftare og oftare held opne debattar og møte der ikkje-medlemsland òg kan delta. Noreg har støtta denne utviklinga og vidarefører engasjementet sitt for større openskap som medlem av Rådet. Det ligg såleis godt til rette for at det vide tryggleiksomgrepet som ligg til grunn for politikken vår i Tryggingsrådet, med vekt på ei heilskapleg tilnærming til fredsbygging, vil stø oppunder Rådets vidare arbeid med desse spørsmåla.

1.2 Dei sentrale aktørane

Noreg har under den 55. generalforsamlinga stått på lina med å halde eigne innlegg og i mindre grad slutte seg til EU-innlegg. Dette har vore ei følgje av kampanjen for medlemskap i Tryggingsrådet og for å gje Noreg ein skarpare profil i organisasjonen. Men det har òg vore ein funksjon av at ein ikkje i alle saker har samanfallande synspunkt med EU. Noreg har som i tidlegare år òg søkt å medverke til kompromiss og utnytte dei tradisjonelt gode kontaktane til ei rekkje viktige utviklingsland for å minske motsetningane mellom industri- og utviklingsland. Det har òg vore halde svært få nordiske innlegg under Generalforsamlinga, både som følgje av profileringa og fordi dei nordiske EU-medlemmene i dei fleste sakene er bundne av sams EU-innlegg. Det gode nordiske samarbeidet vart vidareført under Generalforsamlinga i form av tette samråd frå sak til sak. Danmark, Finland og Sverige er på mange måtar eit vindauge inn i EU, som òg gjev høve til innsikt og påverknad for dei andre nordiske landa. Det finske presidentskapet i Generalforsamlinga forsterka høva til innsikt og styrka eit målretta sak-til-sak-samarbeid. Noreg hadde òg nær kontakt med andre likesinna land, særleg innan JUZCANZ-gruppa, som er samansett av OECD-land utanfor EU og fungerer som eit uformelt forum for utveksling av opplysningar og synspunkt. Noreg har såleis òg nær kontakt med andre leiande industriland som Japan, USA og Canada frå sak til sak.

EU står no fram som ei sentral forhandlingsgruppe i FN-systemet og opptrer med omsamde forhandlingsposisjonar og talar med ei røyst. Dette gjev EU ein framståande posisjon og forhandlingskraft i organisasjonen. Denne rolla vert styrkt ytterlegare ved at dei assosierte landa i Sentral- og Aust-Europa samla følgjer EU i dei fleste spørsmåla. EU sine standpunkt og haldningar ligg som regel nær dei norske. Likevel er dei ei følgje av at femten medlemsland må verte samde på førehand, og til tider kan dette svekkje styrken og substansen i elles gode posisjonar.

USA har vore svært aktiv under Generalforsamlinga, fyrst og fremst for å få kompromisset om nye bidragsskalaer på plass. Det er likevel klart at Clinton-administrasjonen har lagt større vekt på FN-samarbeidet i amerikansk utanrikspolitikk det siste året, kanskje ikkje for å vareta grunnleggjande amerikanske interesser, men i aukande erkjenning av at ei forsterka globalisering krev universelle tilnærmingsmåtar til sams problem. Det amerikanske kravet om reform og effektivisering av organisasjonen har òg vore ein spore for mange andre medlemsland og har medverka til ei positiv utvikling på fleire område, mellom anna vedtaket om eit resultatbasert budsjett. Det er likevel framleis eit problem at USA er den fremste talsmannen for nullvekstbudsjett i FN, også på område som openbert treng betre finansiering.

Dei faste medlemmene av Tryggingsrådet, USA, Storbritannia, Frankrike, Russland og Kina, spelar i kraft av sin posisjon der alltid ei viktig rolle i FNs andre organ. Frankrike og Storbritannia er meir anonyme i Generalforsamlinga på grunn av EU-samarbeidet. Kina har ein sentral posisjon mellom utviklingslanda og opererer både innanfor og utanfor G77. Russland legg mykje prestisje og ressursar i Tryggingsrådsarbeidet og søkjer aktivt å gjere innverknaden sin gjeldande i dei andre organa. Landet viser stor aktivitet under Generalforsamlinga, særleg når det gjeld sosiale og økonomiske spørsmål, og har ofte standpunkt som ligg nær opptil G77 i ei rekkje spørsmål. Russland medverka i år på ein vesentleg måte i budsjettkompromisset om nye bidragsskalaer ved å ta på seg ein bidragsprosent meir frivillig. Også Kina viste i sluttfasen stor fleksibilitet i desse forhandlingane og tok på seg eit større bidrag. Dette må sjåast som uttrykk for at stormakter som Russland og Kina framleis investerer i FN-systemet og i eit universelt samarbeid som ei mogleg motvekt til ei dominerande supermakt i internasjonal politikk.

G77 har under denne Generalforsamlinga vist større grad av forhandlings- og kompromissvilje enn på mange år. Dette har i vesentleg grad medverka til ei vedtaksfør forsamling, som gjorde viktige reformer moglege. Likevel kunne ein spore monaleg kløyving mellom utviklingslanda i ei rekkje saker, for eksempel Midtausten, der regionale synsmåtar og haldningar vert utslagsgjevande, i spørsmål av religiøs eller tradisjonsbunden karakter (æresdrap) eller i spørsmålet om det sivile samfunnet og dei frivillige organisasjonane si deltaking i FN-systemet, der ei lita gruppe land fører ein svært restriktiv politikk. Slike indre spenningar i G77 fører som regel til at formannskapet i gruppa vert sett på eit sidespor, og at land eller mindre grupper av land får dominere forhandlingane.

1.3 Reform av Tryggingsrådet

Debatten under den 55. generalforsamlinga gav ingen vesentleg framgang i spørsmålet om utviding av Tryggingsrådet. Eit positivt utspel var likevel USA sin vilje til å vurdere ei utviding av Tryggingsrådet til litt over 21 medlemmer. Vidare kunne ein notere framsteg i arbeidsmetodane som Rådet nyttar. Stadig fleire møte vert no haldne i open sesjon. Land som ikkje er medlemmer, får dermed i aukande grad innsyn og kan delta i Rådet sitt arbeid. Det avteikna seg vidare ein klar tendens i retning av at Rådet opnar for diskusjonar om særlege emne, også tema som tradisjonelt ikkje har vore på Rådet sin dagsorden i skjeringspunktet mellom konflikthandtering, humanitære spørsmål og utvikling.

1.4 Nedrusting og internasjonal tryggleik

Arbeidet i 1. komité under den 55. generalforsamlinga bar preg av lite dramatikk, og det var få saker som skapte debatt. Dette kom i stor grad av det positive utfallet av den 6. tilsynskonferansen for Ikkjespreiingsavtala (NPT), som vart halden i New York i mai 2000. Der kom ein fram til semje om eit sluttdokument som mellom anna inneheld eit konkret handlingsprogram for kjernefysisk nedrusting. Mellom dei sakene som fekk mest merksemd i 1. komité, var «Ny agenda»-landa sin resolusjon om kjernefysisk nedrusting, der teksta i hovudsak var henta frå sluttdokumentet frå NPT-tilsynskonferansen. Dette gjorde at alle NATO-land (med unntak av Frankrike) og tre av dei fem kjernevåpenstatane (Russland avstod i år òg) kunne slutte seg til resolusjonen. Egypts resolusjon om risikoen for kjernefysisk spreiing i Midtausten fekk òg stor politisk merksemd, mellom anna på grunn av skjerpa namngjeven kritikk av Israel. Noreg valde, til liks med mellom andre alle EU-land, likevel å røyste for resolusjonen etter at teksta vart endra til å verte meir i samsvar med NPT-teksta. Det var fyrste gongen Noreg røysta for resolusjonen. Noreg fremja i eigenskap av å ha formannskapet for statspartsmøtet under Minekonvensjonen den årlege resolusjonen om landminer med oppmoding til oppslutning om konvensjonen. Resolusjonen vart vedteken utan motrøyster.

1.5 Regionale konfliktar

1.5.1 Midtausten

Arbeidet med Midtausten-spørsmål var vanskeleg i lys av den omfattande valden i dei palestinske områda og mangelen på framgang i fredsprosessen. Dei mange resolusjonane om Midtausten og Palestina-saka var i stor grad uendra frå tidlegare år, og debatten var prega av uforsonlege verbale utspel frå dei viktigaste aktørane. Det vart halde ein spesialsesjon i Generalforsamlinga og eit ope møte i Tryggingsrådet for å drøfte utviklinga i regionen. Det vart etter begge møta vedteke resolusjonar som fordømde «Israels overdrivne bruk av makt mot palestinarar». Dette var òg årsaka til at det heller ikkje denne gongen var mogleg for Noreg, USA og Russland å leggje fram den såkalla «positive resolusjonen», som er meint å vere ei støtte for fredsprosessen i regionen. Eit resolusjonsutkast som vart handsama i Tryggingsrådet i desember med framlegg om utplassering av ein FN-observatørstyrke i dei okkuperte palestinske områda fekk ikkje nok ja-røyster.

1.5.2 Afrika

Utanom handsaminga i Generalforsamlinga sitt plenum av dagsordenspunkt om fremjing av varig fred og berekraftig utvikling i Afrika og samarbeidet mellom FN og OAU, knytte det seg særleg interesse til handsaminga av spørsmålet om kva rolle diamantar spelar i konfliktar. Noreg var medframleggsstillar til konsensusresolusjonen, som legg opp til at det vert etablert eit globalt sertifiseringssystem for diamantar. Vona er at eit slikt registreringssystem skal medverke til å auke stabiliteten i Afrika ved å gjere det vanskelegare å finansiere væpna konfliktar med sal av diamantar.

Koplinga mellom ulovleg diamanthandel og væpna konfliktar har òg stått på dagsordenen til Tryggingsrådet i samanheng med konfliktane i Den demokratiske republikken Kongo, Angola og Sierra Leone. Sanksjonsregima knytte til diamantar i Angola og Sierra Leone vart studerte av ekspertgrupper i 2000. Ein allmenn konklusjon er at sanksjonane nok verkar, men at dei òg vert brotne i eit slikt omfang at det er rom for store forbetringar ved å auke etterlevinga.

Rådet brukar 60-70 % av tida si på spørsmål knytte til Afrika. Særleg mykje tid gjekk i 2000 med til å handtere konfliktane og FN-operasjonane i Den demokratiske republikken Kongo og Sierra Leone. Sjå elles under punkt 3.3.1 der det er gjeve ei breiare framstilling av FN si handsaming av spørsmål knytte til Den demokratiske republikken Kongo, Burundi, Den sentralafrikanske republikken, Angola, Sierra Leone, Etiopia/Eritrea, Somalia, Vest-Sahara og Libya.

1.5.3 Europa

Den demokratiske omveltinga i Jugoslavia (FRJ) frå oktober 2000 medverka til at landet vart teke opp som medlem i FN, og til større sjansar for ei positiv utvikling i konfliktar der FN har fredstryggjande operasjonar. Dette gjeld både i Kosovo, der FN gjennom den svært omfattande operasjonen UNMIK er mellombels administrator og ansvarleg for overgangen til sjølvstyre for provinsen etter Tryggingsrådets resolusjon 1244, og i Bosnia-Hercegovina, der UNMIBH held fram det viktige arbeidet for mellom anna politireform og flyktningretur.

FNs mangeårige operasjonar i Kypros (UNFICYP) og Georgia (UNOMIG) spelar enno viktige stabiliserande roller i sine respektive konfliktområde, i påvente av at partane, med hjelp frå FNs generalsekretær og representantane hans, skal kunne kome fram til varige fredsløysingar.

1.5.4 Asia

Ei folkerøysting på Aust-Timor i 1999 gav eit overveldande fleirtal for sjølvstende. Etter omfattande valdshandlingar frå proindonesisk milits, utan at det indonesiske militæret greip inn for å hindre dette, vart det oppretta ein fleirnasjonal styrke , leidd av Australia, som seinare vart teken over av ein omfattande FN-operasjon. Operasjonen skal òg utgjere ein overgangsadministrasjon og støtte opp under den humanitære hjelpa og oppbygginga av ein sivil administrasjon og infrastruktur. Det vart teke viktige steg mot fullt sjølvstende i 2000, mellom anna med etablering av ei overgangsregjering. Fokus var elles på omfattande valdsbruk frå militsgrupper mot flyktningane på Vest-Timor. Tryggingsrådet bad Indonesia ta eit større ansvar og stoppe valdsbruken, noko regjeringa i Jakarta har sagt at ho vil gjere.

Sjå elles under punkt 3.3.6 der det vert gjeve ein brei omtale av FNs omgang med konfliktane i Afghanistan, Kaukasus-området og Sentral-Asia.

1.6 Fredstryggjande operasjonar

Talet på militært personell knytt til FNs fredstryggjande operasjonar var midt på 90-talet oppe i ca. 80 000. Per 31. desember 2000 var talet ca. 30 000, ein auke på ca. 20 000 frå 1999. Sivilt politi talde på same tidspunkt ca. 7 800, ein auke på ca. 3 300 frå 1999.

Noreg deltok per 31. desember 2000 i 9 av FNs 15 fredstryggjande operasjonar, med 34 militære offiserar i fem operasjonar og med 49 polititenestemenn i fem operasjonar. Dette er ein auke på 38 polititenestemenn og militære offiserar frå 1999. I tillegg deltok Noreg per 31. desember 2000 med om lag 1 200 soldatar i dei FN-autoriserte, men NATO-leidde, fredsoperasjonane på Balkan. Dei samla utgiftene til FNs fredstryggjande operasjonar er for 2000 kostnadsrekna til ca. USD 2 mrd., ein auke på ca. USD 700 millionar frå 1999.

FNs generalsekretær, K. Annan, nedsette i mars 2000 eit panel leia av ambassadør Brahimi for å gjere framlegg til korleis FN kan forbetre planlegginga og gjennomføringa av fredsoperasjonar. Av tilrådingane i Brahimi-rapporten har desse vorte sett i verk under den 55. generalforsamlinga:

  • Oppretta 95 nye stillingar av dei føreslegne 249. Hovudtyngda av dei nye stillingane er i DPKO.

  • Sett i verk ymse omorganiseringar i Sekretariatet og ein omfattande gjennomgang av organisasjonen.

  • Dei fyrste stega er tekne i retning av eit tettare samarbeid mellom Tryggingsrådet, Sekretariatet og troppebidragsytande nasjonar.

1.7 Økonomiske og sosiale saker

Forhandlingane i 2. komité fokuserte under den 55. generalforsamlinga på økonomiske spørsmål i lys av det komande høgnivåmøtet om Finansiering for utvikling, førebuingane til tiårsgjennomgangen av FN-konferansen om miljø og utvikling, MUL-konferansen, samt temaa gjeld, globalisering, handel og utvikling. Frå utviklingslanda si side prioriterte ein klart resolusjonane med relevans for førebuingane til Finansiering for utvikling. Frå alle aktørane si side la ein vekt på å skape eit best mogleg klima for dei vanskelege forhandlingane som vil finne stad i den førebuande komiteen for Finansiering for utvikling. I tillegg medverka semja som vart oppnådd kring Tusenårserklæringa, til å gje eit grunnlag for omsamde tekster på tema som fattigdomslindring, globalisering og gjeld.

Under den 55. generalforsamlinga vart det vedteke at høgnivåmøtet om Finansiering for utvikling skal haldast i mars 2002 og førebuast på tre møte i ein førebuande komité. Prosessen fram mot høgnivåmøtet vert sett på som ein av dei mest sentrale i FN på utviklingsområdet den komande perioden, og det vert lagt vekt på å trekkje inn alle relevante aktørar - Bretton Woods-institusjonane, WTO, privat sektor og det sivile samfunnet - i førebuingane. Som ledd i dette vart det hausten 2000 arrangert høyringar med det sivile samfunnet, privat sektor og regionale førebuingskonferansar i alle verdsdelar. I eit eige initiativ for å støtte opp under prosessen oppretta FNs generalsekretær i desember 2000 ei rådgjevingsgruppe på høgt nivå, som vert leidd av Ernesto Zedillo, tidlegare president i Mexico, og der mellom anna Robert Rubin, tidlegare finansminister i USA, og Jacques Delors, tidlegare president i EU-kommisjonen, deltek.

1.8 Miljø- og ressursspørsmål

Dei sentrale miljøprosessane i FN går føre seg i eigne fora under miljøkonvensjonane. FNs kommisjon for berekraftig utvikling (CSD) er sentral i oppfølgingsarbeidet etter UNCED. Førebuingane til tiårsgjennomgangen av toppmøtet i Rio (Rio + 10) og ei rekkje andre konferansar, mellom anna HABITAT II + 5, klimaforhandlingane og MUL-konferansen prega drøftingane under Generalforsamlinga. Forhandlingane om RIO + 10 var prega av motstand frå utviklingslanda mot nye globale plikter som omfattar dei. Frå norsk side la ein vekt på at føremålet med RIO + 10 også skal vere å fornye og forsterke den globale konsensusen om verdien av berekraftig utvikling. Etter til dels svært vanskelege forhandlingar fekk ein eit kompromiss der RIO + 10 vil vere både ein gjennomgang av kva som er oppnådd, og samtidig ein konferanse som ser framover. Under forhandlingane om dei andre miljørelaterte resolusjonane var utviklingslanda særleg opptekne av å utvide mandatet til Det globale miljøvernfondet (GEF).

Det russiske resolusjonsframlegget om komplementaritet mellom miljøkonvensjonane, som i fjor var tema for vanskelege forhandlingar, vart under denne Generalforsamlinga vedteke utan store problem.

1.9 Menneskerettsspørsmål, mellom anna kvinnespørsmål

Handsaminga av menneskerettsspørsmål under den 55. generalforsamlinga var i stor grad prega av motsetningar på område der sterke tradisjonar og religiøse førestellingar gjer seg gjeldande. I fleire saker, mellom anna den omstridde resolusjonen om æresdrap, som vart fremja av Nederland, var motsetningane av ein slik karakter at konsensus ikkje var oppnåeleg. Resolusjonen vart vedteken mot 25 røyster sjølv om framleggsstillarane hadde strekt seg svært langt for å kome i møte innvendingar frå muslimske land. Det vanskelege samarbeidsklimaet førte òg til monalege problem med andre resolusjonar. Desse vert handsama under kvinnespørsmål. Det vart allment sett vanskelegare å einast om sams tekst til resolusjonar som det tradisjonelt sett har vore konsensus om. Fleire resolusjonar vart difor tekne til votering enn på tidlegare generalforsamlingar.

Når det gjeld landresolusjonane, er tendensen ei svakare oppslutning. Dette gjeld særleg Iran- og Irak-resolusjonane. Noreg var (som i 1999) medframleggsstillar til resolusjonen om Burma, fordi ein fann teksta akseptabel og sterkare enn føregåande år. I Noregs innlegg om menneskerettar la ein vekt på verdien av kampen mot rasisme. Det vart i den samanhengen vist til den komande Verdskonferansen mot rasisme, som ein frå norsk side vonar vil medverke til at det vert sett i verk fleire tiltak mot rasisme i medlemslanda i FN.

1.10 Humanitære spørsmål

Dei humanitære behova, både som følgje av naturkatastrofar og av konfliktar, er framleis svært store. Samtidig med at behovet for humanitær hjelp er større enn nokon gong, heldt tendensane til sviktande respekt for internasjonal humanitær rett og tryggleik for humanitært personell fram. Styrking av tiltak for betre tryggleik for humanitært personell og FN-personell var på denne bakgrunnen det mest sentrale temaet då Generalforsamlinga handsama humanitære spørsmål. Ein tek sikte på å opprette ei stilling som heiltids tryggleikssamordnar i FN-sekretariatet, og stillingsoppsettet både på hovudkvartersnivå og på landnivå vil verte styrkt. I tillegg vert det lagt vekt på obligatorisk tryggleiksopplæring før utsending av FN-personell, styrkt samordning i felt og betre støtteapparat, med mellom anna psykologisk rådgjeving for personell som har vorte utsette for overgrep.

I dei mellomstatlege forhandlingane om humanitære spørsmål går ein ein vanskeleg balansegang mellom oppmodingar til respekt for internasjonal humanitær rett og tryggleik for humanitært personell og dei som treng humanitær hjelp, på den eine sida, og respekt for nasjonal suverenitet og ikkje-innblanding på den andre.

Denne spenninga går òg igjen i forhandlingane om landminetiltak. Under handsaminga av dette dagsordenpunktet vart det frå fleire hald lagd vekt på at resultata av Landminekonvensjonen og det praktiske arbeidet i felt no for alvor byrjar å verte synlege. Talet på produsentar og eksportørar av landminer er sterkt redusert, mange miner er destruerte, og store område er rydda for miner. Sjølv om dette viser at det internasjonale arbeidet fungerer, vart det samtidig understreka at det framleis er langt att, og at det framleis trengst å gjerast meir.

1.11 Oppfølging av kvinnekonferansen i Beijing (Beijing + 5)

FNs generalforsamlings spesialsesjon om oppfølging av FNs kvinnekonferanse i Beijing i 1995, «Kvinner 2000: likestilling, utvikling og fred på 2000-talet,» òg omtala som «Beijing + 5», vart halden i New York 5-9. juni 2000. Den norske delegasjonen vart leidd av barne- og familieminister Karita Bekkemellem Orheim. Spesialsesjonen resulterte i ei politisk erklæring og eit sluttdokument om «Ytterlegare tiltak og initiativ for å gjennomføre Beijing-erklæringa». Resolusjonen om oppfølging av «Beijing + 5», der Noreg var medframleggsstillar, vart vedteken med konsensus under den 55. generalforsamlinga.

1.12 FNs finansar

FNs økonomiske situasjon ved utgangen av 2000 viste for andre år på rad positiv likviditet for det regulære budsjettet. Medlemslanda si gjeld til FN var likevel USD 2,3 mrd., og av dette var brorparten til FNs fredstryggjande operasjonar. USA skulda ved utgangen av året USD 160 mill. til det regulære budsjettet, USD 1,1 mrd. til FNs fredstryggjande operasjonar og USD 12 mill. til krigsforbrytardomstolane. Det er likevel god von om at USA vil innbetale USD 582 mill. av gjelda til FN i 2001, som følgje av at USAs krav om nedsett del til FNs regulære budsjett vart vedteke, og at kravet om nedsett del til FNs fredstryggjande operasjonar delvis vart innfridd. Forhandlingane om budsjettskissa for 2002-2003 resulterte i ein sluttsum på vel USD 2,5 mrd., som inneber ein mindre reell vekst. For budsjettåret 1. juli 2001 til 30. juni 2002 vart det vedteke auka budsjett for krigsforbrytardomstolane for det tidlegare Jugoslavia og Rwanda på høvesvis USD 108,5 mill. og USD 94 mill. Auken speglar veksten i domstolane si verksemd.

1.13 Juridiske spørsmål

Respekt for folkeretten og den internasjonale rettsordenen er grunnleggjande føresetnader i FN-pakta og i FNs institusjonelle system. Etableringa av dei to internasjonale ad hoc-straffedomstolane for krigsbrotsverk og brotsverk mot menneskja i høvesvis det tidlegare Jugoslavia og Rwanda, og vedtakinga av vedtektene for Den internasjonale straffedomstolen (Roma-vedtektene) inneber store framsteg når det gjeld styrking av folkeretten gjennom internasjonal institusjonsbygging.

Noreg ratifiserte 16. februar 2000 Roma-vedtektene for Den internasjonale domstolen etter at Stortinget gav samtykke til ratifikasjon 27. januar 2000. Vedtaket om å opprette ein permanent, global straffedomstol må sjåast på som eit gjennombrot for folkeretten. Domstolen vil korte ned det internasjonale samfunnet si reaksjonstid overfor dei alvorlegaste internasjonale brotsverka og slik sett òg få ein avskrekkande verknad. Etableringa av domstolen føreset ratifikasjon av 60 statar. Ved utgangen av år 2000 hadde 27 statar ratifisert vedtektene. Heile 139 statar, medrekna USA, Israel og Iran, hadde underskrive vedtektene.

For Noreg sin del er det i samband med den 55. generalforamlinga òg særleg grunn til å peike på det norske initiativet til å få oppretta eit frivillig forvaltingsfond for kontinentalsokkelføremål i regi av FN. Fastlegging av dei ytre grensene for kontinentalsokkelen utover 200 nautiske mil er underlagt visse prosedyrar og tidsfristar i Havrettskonvensjonen, og fleire av utviklingslanda har vanskar med å oppfylle desse vilkåra. Føremålet med fondet er å hjelpe dei fattigaste kyststatane, medrekna små utviklingsøystatar, med å finne ut om kontinentalsokkelen deira strekkjer seg utover 200 nautiske mil, og kor omfattande eit eventuelt program for kartlegging av sokkelen vil kunne verte. For å markere konkret vilje til å hjelpe utviklingslanda også økonomisk signaliserte ein frå norsk side eit bidrag på USD 1 mill. til fondet. Den norske innsatsen for å få oppretta eit fond på eit viktig område innan den moderne havretten vart svært godt motteken i havrettsmiljøet i FN.

Til forsida