St.meld. nr. 34 (2004-2005)

Om Noregs deltaking i den 59. ordinære generalforsamlinga i Dei sameinte nasjonane (FN) og vidareførte sesjonar av FNs 58. generalforsamling

Til innhaldsliste

4 Oversikt over Noregs innlegg under den 59. generalforsamlinga

Plenum:

  • Dop 9. Generaldebatten. Noregs hovudinnlegg halde av Utanriksminister Petersen 24.09.2004.

  • Dop 11 og 53. Tryggingsrådets rapport og reform av Tryggingsrådet. Noreg tilslutta EUs innlegg halde 11.10.2004.

  • Dop 21. Konfliktdiamantar. Noreg tilslutta EUs innlegg halde 15.12.2004.

  • Dop 26. Situasjonen i Mellom-Amerika. Noregs innlegg vart halde 01.11.2004.

  • Dop 27 og 40(d). Situasjonen i Afghanistan og hans virkningar på internasjonal fred og tryggleik. Internasjonal naudhjelp for fred, normalisering og gjenoppbygging av krigsråka Afghanistan. Noregs innlegg vart halde 08.12.2004.

  • Dop 36 og 37. Situasjonen i Midtausten og Palestinaspørsmålet. Noregs innlegg vart halde 29.11.2004.

  • Dop 38 (a og b) og 46. Framdrift i implementeringa av NEPAD «New Partnership for Africa’s Development» og årsaker til konflikt og fremjing av fred og berekraftig utvikling i Afrika. Noregs innlegg vart halde 18.10.2004.

  • Dop 39. Samordning av humanitær hjelp og naudhjelp til særskilde land eller områder. Noregs innlegg vart halde 11.11.2004.

  • Dop 39. Tsunamikatastrofen. Noregs innlegg vart halde 18.01.2005.

  • Dop 40. Oppfølging av spesialsesjonen om barn. Noreg tilslutta EUs innlegg halde 26.10.2004.

  • Dop 46 og 56. Integrert og samordna implementering av FN-konferansane på det økonomiske og sosiale området. Noregs innlegg vart halde 22.11.2004.

  • Dop 48. Eliminering av ekstraterritorielle unilaterale økonomiske verkemidlar som middel til politisk og økonomisk tvang. Noreg tilslutta EUs innlegg halde 01.11.2004 og ga røysteforklaring 01.11.2004.

  • Dop 49 (a og b). Havretten. Noregs innlegg vart halde 16.11.2004.

  • Dop 51 og 52. Rapport frå domstolen for Rwanda og rapport frå domstolen for det tidlegare Jugoslavia. Noregs innlegg vart halde 15.11.2004.

  • Dop 53 og 55. Revitalisering av arbeidet i Generalforsamlinga og styrking av FN-systemet. Noreg tilslutta EUs innlegg halde 04.10.2004.

  • Dop 57 (f). Samarbeidet mellom FN og Europarådet. Noregs innlegg vart halde 21.10.2004.

1. komité

  • Dop 57. Generaldebatten. Noregs innlegg vart halde 04.10.2004.

  • Dop 57. Generaldebatten. Noreg tilslutta EUs innlegg halde 04.10.2004.

  • Dop 65. Konvensjonelle våpen. Noregs innlegg vart halde 21.10.2004.

  • Dop 65. Kjernefysisk nedrusting. Noregs innlegg vart halde 18.10.2004.

  • Dop 65. Øvrige masseøydeleggingsvåpen. Noreg tilslutta EUs innlegg halde 19.10.2004.

  • Dop 65. Hindring av eit våpenkappløp i det ytre rom. Noreg tilslutta EUs innlegg halde 19.10.2004.

  • Dop 65. Konvensjonelle våpen. Noreg tilslutta EUs innlegg halde 20.10.2004.

  • Dop 65. Tillitsbyggande tiltak på regionalt og subregionalt nivå. Noreg tilslutta EUs innlegg halde 22.10.2004.

  • Dop 65. Kjernefysisk nedrusting. Noreg tilslutta EUs innlegg halde 18.10.2004.

2. komité

  • Dop 90 (a). FNs 3. konferanse for minst utvikla land (MUL). Noregs innlegg vart halde 09.11.2004.

  • Dop 89. Globalisering og gjensidig avhengigheit. Noreg tilslutta EUs innlegg halde 29.10.2004.

  • Dop 91. Gjennomføring av det første FN-tiår for fattigdomsnedkjemping. Noreg tilslutta EUs innlegg halde 15.11.2004.

  • DOP 91. Fattigdomsnedkjemping og andre utviklingsspørsmål. Noreg tilslutta EUs innlegg halde 18.11.2004.

3. komité

  • Dop 93, 94 og 96. Sosial utvikling. Noregs innlegg («ungdomsinnlegget») vart halde 04.10.2004.

  • Dop. 96. Kriminalitetsførebygging og strafferett. (Anti-korrupsjonskonvensjonen). Noregs innlegg halde 11.10.2004.

  • Dop. 98 og 99. Kriminalitetsførebygging og strafferett. Internasjonal narkotikakontroll. Noreg tilslutta EUs innlegg halde 08.10.2004.

  • Dop. 100 og 101. Fremjing av kvinners stilling. Oppfølging av Beijing-konferansen og Spesialsesjonen (B+5). Noregs innlegg vart halde 14.10.2004.

  • Dop. 100. Fremjing av kvinners stilling. Noreg ga røysteforklaring 19.11.2004 i samband med røystinga over den filippinske resolusjonen om handel med kvinner og jenter.

  • Dop. 102. Rapport frå Høgkommissæren for flyktningar (UNHCR). Noregs innlegg vart halde 09.11.2004.

  • Dop. 103. Fremje av borns rettar. Noregs innlegg vart halde 18.10.2004.

  • Dop. 103. Røysteforklaring etter votering over egyptisk resolusjon om situasjonen for palestinske barn vart halde 18.11.2004.

  • Dop. 104. Det internasjonale tiåret for urfolk. Nordisk innlegg vart halde av Sverige 22.10.2004.

  • Dop. 105 (b). Røysteforklaring etter votering over G-77s resolusjon om eliminering av rasediskriminering, rasisme og framandfrykt og oppfølginga av Durban-konferansen 24.11.2004. New Zealand stod tilslutta Noregs røysteforklaring.

  • Dop. 106. Folkets rett til sjølvråderett. Noreg tilslutta EUs røysteforklaring halde etter votering over den kubanske resolusjonen om bruk av leigesoldatar 19.11.2004.

  • Dop. 107 (a) Menneskerettar. Implementering av MR-instrument. Noreg ga røysteforklaring 18.11.2004 i samband med votering over den kubanske resolusjonen om trongen for geografisk spreiing på medlemene av MR-konvensjonanes overvakingsorgan.

  • Dop. 107 (b). Menneskerettar. Det norske hovedinnlegget på menneskerettsfeltet vart halde 26.10.2004.

  • Dop. 107 (b). Menneskerettar. Noreg ga 18.11.2004 røysteforklaring etter votering over NAMs resolusjon om retten til utvikling.

4. komité

  • Dop 22. Hjelp til minetiltak. Noregs innlegg vart halde 28.10.2004.

  • Dop 76. FNs organisasjon for hjelp til Palestinaflyktningar i Midtausten (UNRWA). Noregs innlegg vart halde 02.11.2004.

  • Dop 78. Grundig gjennomgang av alle sider ved spørsmålet om fredstryggjande operasjonar. Noregs innlegg vart halde 26.10.2004.

5. komité

  • Dop 106. Finansielle rapportar, revisorerklæringar og Revisorrådets rapportar. Noreg tilslutta EUs innlegg halde 18.10.2004.

  • Dop 107 og 108. Forbetring av FNs administrative og finansielle effektivitet og Programbudsjettet. Noreg tilslutta EUs innlegg halde 14.12.2004.

  • Dop 108. Programbudsjettet for 2004–2005. Kamerun/Nigeria-kommisjon. Noreg tilslutta EUs innlegg halde 11.10.2004.

  • Dop 108. Programbudsjettet for 2004–2005. Styrka og heilskapeleg tryggingssystem for FN. Noregs innlegg vart halde 05.11.2004, og Noreg ga røysteforklaring 22.12.2004.

  • Dop 108. Programbudsjettet for 2004–2005. UNHCR. Noregs innlegg vart halde 22.11.2004.

  • Dop 108. Programbudsjettet for 2004–2005. Capital Master Plan. Noreg tilslutta EUs innlegg halde 15.11.2004.

  • Dop 108. Programbudsjettet for 2004–2005. Politiske operasjonar. Noreg tilslutta EUs innlegg halde 13.12.2004.

  • Dop 110. Forbetring av FNs finansielle situasjon. Noreg tilslutta EUs innlegg halde 28.10.2004.

  • Dop 113. Skalaen for utlikning av FNs utgifter. Noreg stod tilslutta EUs to innlegg haldne 18.10.2004.

  • Dop 114. Personellspørsmål. Noregs innlegg vart halde 27.10.2004.

  • Dop 115. FNs inspektørgruppe (JIU). Noreg tilslutta EUs innlegg halde 04.10.2004.

  • Dop 116. FNs felles løns- og tjenestesystem. Noreg tilslutta EUs innlegg halde 27.10.2004.

  • Dop 118. OIOS-rapporten. Noreg tilslutta EUs innlegg halde 03.11.2004.

  • Dop 119. Implementeringa av res. 48/218b og 54/244. Noreg tilslutta EUs innlegg halde 12.10.2004.

  • Dop 121 og 122. Finansiering av krigsforbrytardomstolen for Rwanda. Finansiering av krigsforbrytardomstolen for det tidlegare Jugoslavia. Noregs innlegg vart halde 24.11.2004.

  • Dop 136 og 154. Finansiering av UNAMSIL og UNOCI. Noreg tilslutta EUs innlegg halde 15.10.2004.

  • Dop 153. Finansiering av ONUB. Noreg tilslutta EUs innlegg halde 13.10.2004.

6. komité

  • Dop 138. Statsborgarskap ved statssuksesjon. Noreg tilslutta EUs innlegg halde 28.10.2004.

  • Dop 139. Statsansvar ved handlingar i strid med folkeretten. Noreg tilslutta nordisk innlegg halde av Finland 28.10.2004.

  • Dop 140. Status for tilleggsprotokollar til Genevekonvensjonen av 1949 om verning av offer for væpna konfliktar. Noreg tilslutta nordisk innlegg halde av Sverige 13.10.2004.

  • Dop 141. Handsaming av tiltak for å betre verning og tryggjing av diplomatiske og konsulære stasjonar og representasjonar. Noregs innlegg vart halde 13.10.2004.

  • Dop 142. Konvensjon om juridisk immunitet for statar og deira eigedomar. Noregs innlegg vart halde 25.10.2004.

  • Dop 143. Rapport frå FNs kommisjon for internasjonal handelsrett (UNCITRAL). Noreg tilslutta nordisk innlegg halde av Sverige 05.10.2004.

  • Dop 144. Rapport frå Folkerettskommisjonens 56. sesjon. Ansvar for internasjonale organisasjonar. Noreg tilslutta nordisk innlegg halde av Danmark 05.11.2004.

  • Dop 144. Rapport frå Folkerettskommisjonens 56. sesjon. Internasjonalt ansvar for handlingar som ikkje er i strid med folkeretten. Noreg tilslutta nordisk innlegg halde av Finland 01.11.2004.

  • Dop 144. Rapport frå Folkerettskommisjonens 56. sesjon. Reservasjonar til traktatar. Noreg tilslutta nordisk innlegg halde av Sverige 08.11.2004.

  • Dop 144. Rapport frå Folkerettskommisjonens 56. sesjon. Noreg tilslutta nordisk innlegg halde av Sverige 01.11.2004.

  • Dop 146. Den internasjonale straffedomstolen. Noregs innlegg vart halde 14.10.2004.

  • Dop 147. Rapport frå Spesialkomiteen for FN-pakta og for styrking av organisasjonens rolle. Noreg tilslutta EUs innlegg halde 07.10.2004.

  • Dop 148. Tiltak for å eliminere internasjonal terrorisme. Noreg tilslutta EUs innlegg halde 28.10.2004.

  • Dop 149. Bruksområde for FN-konvensjonen om tryggleiken til FN-personell og tilknytt personell. Noregs innlegg vart halde 20.10.2004.

  • Dop 150. Konvensjon mot kloning av menneske. Noregs innlegg vart halde 22.10.2004.

Til forsida