St.meld. nr. 34 (2004-2005)

Om Noregs deltaking i den 59. ordinære generalforsamlinga i Dei sameinte nasjonane (FN) og vidareførte sesjonar av FNs 58. generalforsamling

Til innhaldsliste

2 Konstituering og val

2.1 Avslutning av den 58. generalforsamlinga

Den 58. generalforsamlinga vart formelt avslutta 13. september 2004.

2.2 Oppnemning av delegasjon til den 59. generalforsamlinga

Til å representere Noreg på FNs 59. generalforsamling vart denne delegasjonen oppnemnd:

Utanriksminister Jan Petersen, leiar

Ambassadør Johan Ludvik Løvald, nestleiar

Stortingsrepresentantar:

1. del av sesjonen

Marit Nybakk

Hill-Marta Solberg

Bent Høie

Ingmar Ljones

Karin S. Woldseth

Inga Marte Thorkildsen

2. del av sesjonen

Haakon Blankenborg

Morten Lund

Sverre Hoddevik

Jan Sahl

Per Roar Bredvold

Anne Berit Andersen

Observatørar:

Landsorganisasjonen i Noreg, LO

Næringslivets Hovudorganisasjon, NHO

Mellomkyrkjeleg Råd

Kristeleg Folkepartis Ungdom, KRFU

Noregs bygdekvinnelag

Noregs fredsråd

FN-sambandet

Ungdom mot EU

2.3 Organisering av den 59. generalforsamlinga

Den 59. generalforsamlinga vart opna 14. september. Generaldebatten byrja 21. september og vart avslutta 1. oktober.

2.4 Konstituering og val

Den 59. generalforsamlinga valde Jean Ping, utanriksminister i Gabon, til president. Den 59. generalforsamlinga valde desse fem landa som nye, ikkje-faste medlemer av Tryggingsrådet i perioden 2005–2006: Argentina, Danmark, Hellas, Japan og Tanzania. Den 59. generalforsamlinga valde desse 18 statane som nye medlemer av ECOSOC i perioden 2005–2007: Albania, Australia, Brasil, DR Kongo, Costa Rica, Danmark, Guinea, Island, India, Litauen, Mexico, Kina, Pakistan, Russland, Sør-Afrika, Tchad, Thailand og Storbritannia.

Til forsida