4 Nedrusting og tryggleik (1. komité)
4.1 Allmenne spørsmål
Sesjonen i år vart i stor grad prega av debatt om den framtidige organiseringa av komiteen og kva arbeidsform komiteen skal ha. Noreg spela ei aktiv rolle, mellom anna ved å arrangere eit uformelt reformseminar i New York for ei gruppe utvalde land og representantar for FN-sekretariatet dagen før 1. komité byrja arbeidet sitt. Statssekretær Traavik opna seminaret. I fokus for reformdiskusjonane stod organiseringa av generaldebatten og dei tematiske debattane, rasjonalisering av komitéhandsaminga av resolusjonar og oppfølging av vedtekne resolusjonar. Det var oppløftande at komiteen etter lange konsultasjonar kom fram til ei resolusjonstekst om reform som kunne vedtakast med konsensus.
Generaldebatten var mindre polarisert enn i tidlegare år. Det viste seg likevel vanskeleg å få vidareført tradisjonelle konsensusvedtak av fleire sentrale resolusjonar om kjernefysisk nedrusting og om handvåpen. Enkelte land i den alliansefrie rørsla (NAM) motarbeidde resolusjonar som det elles var brei oppslutning om, og var òg vanskelege i reformdebatten. På den andre sida motsette USA seg resolusjonar om nedrusting og utvikling, nedrusting og miljø, og vidareførte motstanden sin mot prøvestansavtala og braut konsensus om resolusjonen som tek til orde for forhandlingar om ei avtale som forbyr produksjon av spaltbart materiale til våpenføremål, FMCT-resolusjonen (FMCT=Fissile Material Cut-off Treaty).
4.2 Reformspørsmålet
USA presenterte eit resolusjonsframlegg om reform som innebar ei øvre grense for talet på resolusjonar, avgrensing av talet på mellomstatlege ekspertgrupper, eit øvre tak på talet på studiar som FN-sekretariatet skal utføra, og innføring av ein klausul om at alle nye aktivitetar skal vere avslutta innan ei fastsett tidsramme. Sjølv om USA signaliserte stor vilje til å endre innhaldet i resolusjonsutkastet for å samle konsensus, valde NAM-landa å presentere eit alternativt resolusjonsframlegg. Hovudføremålet med NAM-landa sitt framlegg var å hindre at det vart gjort avgrensingar i medlemslanda sitt høve til å fremje resolusjonar. Desse landa understreka vidare at større endringar i det mellomstatlege nedrustingsmaskineriet må fastsetjast på ein ny spesialsesjon for nedrusting under FNs generalforsamling (SSOD IV). Vestlege land er skeptiske til ei samankalling av SSOD IV. Noreg var blant dei landa som arbeidde for å unngå at 1. komité skulle måtte ta stilling til to reformresolusjonar. Det var difor gledeleg at USA, NAM og EU til slutt kunne samle seg om ei felles tekst. Til liks med ei rekkje andre land teikna Noreg seg som medframleggsstillar. Resolusjonen slår fast at komiteen jamleg skal sjå på gjennomføringa av reformene, men det vert ikkje lagt opp til ei formell handsaming av reformspørsmålet på generalforsamlinga neste år.
4.3 Kjernefysisk nedrusting
Det var på førehand knytt stor spenning til ordlyden i resolusjonsutkastet om kjernefysisk nedrusting frå Ny agenda-koalisjonen (NAC). Det viste seg at Sverige, som var NAC-samordnar i år, hadde fått gjennomslag for ei moderat og samlande resolusjonstekst. Noreg hadde ikkje noko problem med teksta og røysta difor, for første gong på fleire år, for denne resolusjonen. Sju andre NATO-land, mellom andre Nederland, Belgia og Tyskland, røysta òg for resolusjonen. Elles avstod eit fleirtal av NATO-landa. USA, Storbritannia og Frankrike erkjende ei meir moderat tekst, men valde likevel å røyste mot resolusjonen under tilvising til at han ikkje i tilstrekkeleg grad la vekt på ikkje-spreiing. USA kunne i tillegg ikkje godta formuleringane om prøvestansavtala (CTBT, Comprehensive Test Ban Treaty) og FMCT.
Også teksta i resolusjonen om kjernefysisk nedrusting, som Japan tradisjonelt legg fram, var forbetra frå føregåande år. Noreg teikna seg difor denne gongen som medframleggsstillar på denne resolusjonen saman med mellom andre Nederland og Belgia. Den japanske teksta gav breiare omtale av nedrustingsskyldnadene frå tilsynskonferansen for ikkje-spreiingsavtala i 2000. Denne resolusjonen vart vedteken med fleire røyster enn NAC-resolusjonen. Handsaminga av Canadas tradisjonelle konsensusresolusjon om FMCT vart problematisk. Normalt vert denne resolusjonen vedteken med konsensus, men no var situasjonen ein annan fordi USA har endra FMCT-posisjonen sin og ikkje lenger støttar ei avtale som inneheld verifikasjonsmekanismar. USA gav tidleg uttrykk for at dei ville røysta mot FMCT-resolusjonen, med mindre tilvisingar til verifikasjon vart strokne frå teksta. Fleire land som støtta Canada i sak, mellom dei Noreg, frykta at ei negativ amerikansk røystegjeving kunne svekkje sjansane for å få i gang FMCT-forhandlinger i nedrustingskonferansen, som arbeider etter konsensusprinsippet. Canada vart difor oppmoda til å ikkje leggje fram teksta under sesjonen i år. Noreg og likesinna land gjorde det likevel klart at vi ville støtte resolusjonen og teikne oss som medframleggsstillarar dersom han vart lagd fram. Resultatet vart at Canada la fram resolusjonen med den følgja at USA røysta mot, medan Israel og Storbritannia avstod.
4.4 Andre spørsmål
Handvåpenresolusjonen var utan tvil den vanskelegaste teksta om konvensjonelle våpen på grunn av usemje om vidare arbeid for å nedkjempe ulovleg våpenmekling. Frå Noreg og EU si side vart det teke til orde for meir forpliktande formuleringar om dette spørsmålet, mellom anna ved oppretting av eit mellomstatleg ekspertpanel om mekling før tilsynskonferansen for FNs handlingsprogram for handvåpen i 2006. Men USA, Japan og fleire NAM-land var skeptiske til dette. Egypt var negativt til kvar form for referanse til ulovleg våpenmekling og truga lenge med å bryte konsensus. Det lukkast likevel å kome fram til ei konsensustekst som inneber at eit ekspertpanel ikkje vil verte etablert før etter tilsynskonferansen i 2006. Noreg var medframleggsstillar. Noreg var òg medframleggsstillar på ein ny australsk resolusjon om berbare antiluftvernsystem (MANPADS), som vart vedteken med konsensus.
Det var problem knytt til handsaminga av resolusjonen om Minekonvensjonen, som vart framlagt av Thailand. I tidlegare år har dette vore ei allmenn tekst, som ikkje har gått inn på uteståande substansielle spørsmål om konvensjonen. Det har ikkje vore ønskjeleg å reise substansielle spørsmål i eit forum der fleire medlemer ikkje er part i konvensjonen. Føremålet har berre vore å få eit vedtak om medverknad frå FN-sekretariatet i gjennomføringa av statspartsmøtet for Minekonvensjonen. Men Thailand braut med denne praksisen og la inn nye formuleringar om spørsmål som skulle handsamast på den komande tilsynskonferansen i Nairobi. Fleire land i tillegg til Noreg freista å få Thailand til å gå attende til det tradisjonelle formatet utan å lukkast heilt. Noreg valde likevel til slutt å teikne seg som medframleggsstillar for å uttrykkje breiast mogeleg støtte til Minekonvensjonen. Resolusjonen vart vedteken med 157 stemmer for. 22 land avstod.
For første gong vedtok 1. komité ein resolusjon om støtte til dei nye åtferdsreglane mot spreiing av rakettar (Hague Code of Conduct). Det var på førehand venta at somme NAM-land aktivt ville motsetje seg denne resolusjonen. Iran og Egypt følgde denne lina ved først å gjera framlegg om tekstendringar for deretter å røyste mot resolusjonen. I tillegg gjorde dei framlegg om ein eigen resolusjon om rakettar. HCOC-resolusjonen vart likevel vedteken med eit større fleirtal av røyster enn den iransk-egyptiske resolusjonen.