Forord
Fiskeri- og kystdepartementet legg med dette fram ei melding til Stortinget om dei fiskeriavtalane Noreg inngår med andre land. Ei slik melding skal leggjast fram årleg. Meldinga vart første gong lagt fram i 1995. Vi viser i den samanheng til St.meld. nr. 49 (1994-95) om dei årlege fiskeriavtalane Noreg inngår med andre land. I denne meldinga la Fiskeridepartementet vekt på å gi ei omtale av det rammeverket som vart inngått i tilknyting til utvidinga av den norske økonomiske sona på 1970-talet, og som ligg til grunn for dei årlege kvoteforhandlingane (rammeavtalane). Desse avtalane er ikkje særskilt omtalte i denne meldinga.
Denne meldinga omtalar kvoteavtalane for 2008, norsk deltaking i fleirsidig fiskerisamarbeid og i regionale forvaltningsorganisasjonar. Vi gjer vidare greie for bestandsutrekning, rådgiving, tilstandsrapportar og langsiktige forvaltningsplanar for dei viktigaste bestandane som Noreg deler med andre land. Meldinga omtalar også dei kontrolltiltaka som er sette i verk i Noregs økonomiske sone (NØS) for å kontrollere norsk og utanlandsk fiske på tildelte kvotar, i tillegg til kontrollsamarbeidet med andre land og tiltak mot ulovleg, urapportert og uregulert fiske. Til sist gir meldinga ei oversikt over i kva grad norske og utanlandske fiskarar utnytta kvotane sine i 2006 og 2007, og kva slags fartøygrupper som fiskar på dei kvotane Noreg har i sonene til andre land.
Kvoteavtalane for 2008 finst på Fiskeri- og kystdepartementets heimesider: http://www.fkd.dep.no/