5 Kontrollordningar
5.1 Kontroll av fiske i norske jurisdiksjonsområde
I St. prp. nr. 1 (1996-97) heiter det: «Innen området ressursforvaltning er hovedmålet å legge til rette for et forsvarlig ressursuttak som sikrer et høyt varig utbytte fra ressursene». For å kunne nå dette målet for ressursforvaltninga, trengst det informasjon om og kontroll med alt ressursuttak i norske jurisdiksjonsområde. Fysisk kontroll med all fiskeaktivitet er ein sentral del av det norske systemet for kontroll og handheving. Dette inneber kontroll på alle nivå, til havs, under landing og ved omsetning av fiskefangstar.
I Noreg har Fiskeridirektoratet ansvaret for ressurskontrollen saman med Kystvakta og salslaga. Kontrollverksemda til fiskeristyresmaktene vert gjennomførd av Kontrollseksjonen i Fiskeridirektoratet og den ytre etaten til direktoratet med 7 regionkontor, inklusive eit inspektørkorps langs kysten.
Kystvakta er underlagt Forsvarsdepartementet. Kystvakta har ansvaret for ressurskontrollen på havet. Frå 1996 er Kystvakta utvida med ei indre kystvakt som skal gjennomføre fiskerioppsynet innanfor grensa for sjøterritoriet på 12 nautiske mil. Fiskerioppsynstenesta til den indre kystvakta skal etter planen kombinerast med ei rekkje andre oppgåver, bl.a. for politi-, toll- og miljøstyresmaktene.
Salslaga har ansvar for all førstehandsomsetning av fisk i Noreg, og salslaga utfører ein viktig del av kontrollarbeidet.
I internasjonale samanhengar vert det norske systemet med nært samarbeid mellom Fiskeridirektorat, Kystvakt og salslag ofte framheva som ein særs vellukka modell for god ressurskontroll.
Fiskeridirektoratet står for kontroll ved landing av fangstar, og har også ein viss kontroll på sjøen i særlege område og i spesielle fiskeri. Direktoratet har også ansvar for kvotekontrollsystemet både for utanlandske og norske fartøy. Dei ulike salslaga har eit kontrollansvar i samband med omsetning og eksport av fisk. Utanlandske styresmakter har kontrollansvaret når norske fartøy leverer fangst i utanlandske hamner og når norske fartøy fiskar i jurisdiksjonsområda til desse landa. Det nye opplegget for hamnestatskontroll som blei innført i NEAFC frå 1. mai 2007 gir norske styresmakter eit kontrollansvar når det gjeld å gi verifisering av fangst ved norske fartøy sine landingar i NEAFC-landa sine hamner. Noreg skal også hente inn slik verifisering ved utanlandske landingar i Noreg.
Ein viktig del av kontrollen går føre seg under utøvinga av fisket. Det vert kontrollert at fisket skjer med rette reiskapar, til rett tid og på rett område. Også samansetjinga av fangsten vert kontrollert, likeeins at det ikkje går føre seg dumping eller neddreping av fisk. Under fangsten av sjøpattedyr (sel og kval) var det til og med 2003 inspektørar på alle fartøy under heile fangstperioden. Med verknad frå 2004 er inspektørordninga på kvalfangstfartøya halvert. Frå 2006 er talet på inspektørar ytterligare redusert og det er no 6 -7 inspektørar på vel 30 fartøy. Det er montert ferdsskrivarar (blue-box) på alle kvalfangstfartøya. Dette reduserer behovet for inspektørar. På sel – og kvalfartøya kontrollerer inspektørane om bord i fartøya også at avlivinga skjer i tråd med regelverket. I andre fiskeri har Fiskeridirektoratet sett i verk ei ordning der dei har inspektørar om bord på enkelte norske og utanlandske fartøy i kortare eller lengre periodar.
På enkelte artar går det føre seg eit omfattande fiske i indre norske farvatn. Det er derfor ei ordning der inspeksjonsfartøy frå Fiskeridirektoratet er til stades på desse fiskefelta. Ved landing vert fangstsamansetjinga kontrollert, og oppfiska kvantum vert belasta kvoterekneskapen.
For å føre kontroll med utanlandsk fiske i Noregs økonomiske sone etablerte Fiskeridirektoratet i 1977 eit kvotekontrollsystem som inneberer at utanlandske fiskefartøy må sende ei rekkje forskjellige rapportar i samband med fiske i norske farvatn. På grunnlag av desse rapportane held Fiskeridirektoratet ved like databasen som mellom anna inneheld opplysningar om fiske- og fangstaktiviteten til utanlandske fartøy. Denne databasen er ein viktig reiskap for kontroll i norske jurisdiksjonsområde.
Utanlandske fartøy som får løyve til å fiske i norske jurisdiksjonsområde er pålagde å rapportere fangstane til Fiskeridirektoratet. Denne rapporteringsplikta inneber at når fartøya kjem inn i norsk sone skal dei melde frå om kor mykje fangst fartøyet har om bord (melding om fiskestart). Fangstane skal meldast i kg rund vekt og i dei enkelte fiskeslag. I tillegg må fartøyet kvar veke rapportere kor mykje som er fanga i sona av dei ulike fiskeslaga (fangstmelding). Når fartøyet avsluttar fisket i NØS, må det før det seglar ut sende melding om dette til Fiskeridirektoratet og gi opp kor mykje fisk som er teken etter den siste fangstmeldinga (melding om avslutning av fiske). Alle desse meldingstypane vert kontinuerleg lagde inn i kvotekontrollsystemet, og gir dermed Fiskeridirektoratet ei oppdatert oversikt over det utanlandske fisket i norske jurisdiksjonsområde. Det gjeld kor mange fartøy som deltek i fiske, kvar dei fiskar og opplysningar om fangst per fartøy og per nasjon. Systemet inneheld såleis også dei opplysningane som er kravde for å stanse utanlandsk fiske når dei tildelte kvotane er oppfiska.
Frå 2000 har Fiskeridirektoratet gjennom satellittsporing også kunnskap om kvar fartøya oppheld seg i norsk jurisdiksjonsområde og kan derfor setje i verk meir målretta kontroll.
Kystvakta har direkte tilgang til dei opplysningane som er lagra på databasen i kvotekontrollsystemet og satellittsporingsdatabasen. Opplysningane vert under kontroll på feltet haldne opp mot opplysningane som går fram av fangstdagboka til fartøyet, eventuelle sluttsetlar og innhaldet i lasterommet eller lastetankane på fartøyet. Når desse opplysningane ikkje er i samsvar med kvarandre kan Kystvakta reagere med åtvaring, fartøyet kan haldast tilbake, eller saka kan meldast til politiet, alt etter kor grov krenkinga er. Kvotekontrollsystemet og satellittsporingsopplysningane er såleis særs viktige reiskapar i det kontrollarbeidet Kystvakta gjennomfører.
Utanlandske fartøy skal når fiske avsluttast i NØS nord om 62°N, melde seg til Kystvakta for kontroll på eitt av sju kontrollpunkt. Som ein del av rapporteringsordninga i dette området skal fartøya sende melding om framstilling for kontroll (kontrollpunktmelding) tolv timar før det kjem til kontrollpunktet. For ringnotfartøy er fristen 4 timar. Ordninga vart innførd for å sikre generelt betre kontroll med fangstuttaket i NØS nord om 62ºN, og fordi norske styresmakter visste at det gjekk føre seg kvoteunndragingar frå utanlandske fartøy som fiska i NØS nord om 62ºN.
På grunn av behovet for betre kontroll med makrellfisket i NØS sør om 62ºN, vart ei tilsvarande ordning sett i verk 19. juli 1995 for makrellfisket i Nordsjøen. Av omsyn til råstoffet må eit kontrollregime i Nordsjøen utformast noko annleis enn ordninga nord om 62ºN. Etter regelverket skal utanlandske fartøy med makrellisens melde seg for kontroll i eitt av tre nærare definerte område, med ei varslingstid på fire timar før fartøyet kjem til kontrollområdet, eller før fartøyet kjem til landingsstad i Noreg. Ordninga gjeld også når eit fartøy med makrellisens fiskar annan pelagisk fisk, så som nordsjøsild. I 2005 vart ordninga utvida til å også gjelde for utanlandske fartøy som er lisensierte for fiske etter sild sør for 62ºN i den perioden makrellfisket er ope.
Erfaringane syner at ordningane med sjekkpunkt sør og nord om 62ºN i NØS har medverka positivt til å redusere kvoteunndragingane frå utanlandske fartøy.
5.2 Kontrollsamarbeid
Kontroll med ressursuttaket på felles fiskebestandar krev eit nært samarbeid mellom dei landa som deler ressursane. Eit slikt samarbeid er inngått med begge dei to partane som Noreg deler viktige fiskeressursar med: Russland og EU. Noreg har også inngått avtalar om kontroll direkte med enkelte medlemsland i EU og fleire andre statar. Noreg har kontrollavtalar med Irland, Danmark, Sverige, Nederland, Storbritannia, Frankrike, Tyskland, Polen, Portugal, Litauen, Russland, Færøyane, Island, Grønland, Canada og Marokko.
Kontrollavtalen som vart underteikna mellom Noreg og Portugal 16. februar 2006, representerte ei oppdatering av slike avtaler og er den første avtalen Noreg inngår som også omfattar gjensidig rapportering av landingar av fisk frå tredjelands fartøy. Etter dette tidspunkt reviderast eksisterande avtalar etter tur for å få med tredjelands fartøy. Dette er frå norsk side eit viktig bidrag i arbeidet med å få kontroll over det ulovlege fisket i Barentshavet og over landingar av fisk til europeiske hamner. Den nye generasjonen av kontrollavtalar inneber og at partane skal samarbeide om å kjempe mot ulovleg fiske. Bilateralt samarbeidd har vore viktig for den nedgangen i urapportert fiske som har skjedd i 2007.
Satellittsporing av fiskefartøy er eit nytt og viktig framsteg i kontrollarbeidet. Det ligg no føre satellittsporingsavtalar mellom dei landa som har felles fiskeriinteresser i Nordaust-Atlanteren. Plikta til å spore er gjennomgåande knytt til fartøy over 24 meter største lengde.
Fiskeridepartementet innførte frå 1. juli 2000 satellittovervaking av alle norske fiske- og fangstfartøy over 24 m. Desse fartøya er underlagte sporing i område både under norsk og utanlandsk fiskerijurisdiksjon. Vidare vil alle norske fartøy, uansett storleik, sporast ved fiske i internasjonalt farvatn. Det er også krav om satellittsporing av alle fartøy i NEAFC-området. I NAFO-området er det krav om 100 % dekning av satellittsporing og bruk av observatørar på alle fartøy.
5.3 Tiltak mot ulovleg, urapportert og uregulert (UUU) fiske
I avtalen mellom Noreg og Russland er partane samde om å setje visse vilkår til dei kvotane dei gir til tredjeland. Som vist til i avtalane med Færøyane og Grønland, pliktar dei to landa å avgrense det totale fisket sitt i Barentshavet til dei artar og kvotar som er tildelte av Noreg og Russland, utan omsyn til om fisket skjer i eller utanom Noregs og Russlands jurisdiksjonsområde i Barentshavet. Også Island har plikt til å halde seg til den kvoten som går fram av «Smottholsavtalen».
Noreg og Canada underteikna 30. juni 1995 ein avtale om bevaring og handheving på fiskeriområdet, jf. Ot.prp. nr. 3 (1995-96). Både for Noreg og Canada som kyststatar er spørsmålet om effektiv regulering av fiskebestandar som vandrar mellom nasjonale soner og det opne hav særs viktig. Avtalen føregreip på mange måtar FN-avtalen om fiske på det opne hav av 4. august 1995. Etter avtalen kan Noreg og Canada borde, inspisere og ransake eit fartøy som fører flagget til den andre parten i nærare avgrensa område på det opne hav. Partane kan også bringe opp fartøy og innleie rettsforfølging dersom det finst bevis på at dei har teke del i fiskeriaktivitetar som undergrev gjeldande verne- og forvaltningstiltak.
Det kan nemnast at norske styresmakter dei seinare åra har innført ei rekkje tiltak for å angripe ulovleg, urapportert og uregulert fiske. Eit sentralt tiltak har vore den såkalla «svartelistinga» av fartøy som har drive uønska aktivitet i område utanfor norsk jurisdiksjon. Dette gjeld fartøy som fører utanlandsk flagg, då det er mogleg å sanksjonere på annan måte overfor norske fartøy. Fiskeridirektoratet ser til at fartøy som har delteke i uregulert fiske i internasjonalt farvatn vert nekta lisens i Noregs økonomiske sone. Vidare kan slike fartøy nektast å føre norsk flagg, og ein kan nekte landing av fangst i Noreg. Det kan også setjast inn sanksjonar mot utanlandske fartøy som bryt regelverket i norske farvatn. Regionale organisasjonar som NEAFC og NAFO har innført svartelisting av fartøy som fiskar ulovleg. Dei regionale fiskeriforvaltningsorganisasjonane samarbeider stadig betre om kva fartøy som skal inn på svartelistene. I 2006 er det gjennom lovendring gitt heimel til å innføre føresegner for å setje i verk ei rekkje nye tiltak (forbod) overfor fartøy som er svartelista i regionale organisasjonar og som oppsøkjer norske farvatn.
Med Noreg som aktiv bidragsytar vedtok årsmøtet til NEAFC i november 2006 eit nytt regime for hamnestatskontroll som gjeld heile konvensjonsområdet til NEAFC. Det betyr at all frosen fisk som skal landast av utanlandske fartøy i ei hamn i eit NEAFC-land, skal kontrollerast etter ein grundig utarbeidd prosedyre. Kvart fartøy må gje hamnestaten førehandsmelding om kva, kvar og til kva tid landinga skjer. Hamnestaten skal deretter be fartøyet sin flaggstat om å stadfeste at fangsten er teken innanfor kvote og fastsette reguleringar. Utan slik stadfesting skal hamnestaten ikkje tillate landing. Opplysningar om kvotar og landingar skal og sendast til NEAFC-sekretariatet som skal registrere relevante data i ein eigen webbasert database som medlemslanda kan nytte seg av. Vi har dermed fått eit mykje meir gjennomsiktleg system for det totale uttaket av fiskeriressursane, og av dei einskilde aktørane sine aktivitetar. Noreg har sett i verk nødvendige forskrifter frå virkningsdato for vedtaket, 1. mai 2007. Erfaringane frå det nye hamnestatsregimet er særs positive.
Noreg arbeider også globalt for å sikre meir forpliktande samarbeid i fiskeripolitikken for å redusere det ulovlege, urapporterte og uregulerte fisket. På evalueringskonferansen for FN-avtalen om fiske på det opne hav i New York i mai 2006, fekk Noreg støtte for at det skal utarbeidast eit bindande globalt regime for hamnestatskontroll i fiskerisektoren. Norske styresmaktar arbeider vidare med denne prosessen i FAO. Såleis vert det i 2008 gjennomført ekspert- og tekniske konsultasjonar om hamnestatskontroll i FAO med norsk deltaking.
EU er ein viktig aktør i det internasjonale samarbeidet for å få redusert UUU-fisket, og Noreg har dei seinare åra hatt eit godt samarbeid med EU-kommisjonen i så måte. EU og Noreg koordinerte mellom anna arbeidet med hamnestatsregimet i NEAFC, og Noreg og EU-kommisjonen underteikna 4. oktober 2006 ein MoU (intensjonsavtale) om samarbeid innan ressurskontroll.