4 Bestandsutrekning, rådgiving, tilstandsrapportar og langsiktige forvaltningsplanar
I dette kapitlet er det først ei kort oversikt over metodar for å måle fiskebestandar i felten, utrekningsverktøy (modell), forvaltningsplanar, rådgiving og dei såkalla referansepunkta. Deretter vert det gjort greie for tilstanden til dei viktigaste fiskebestandane som Noreg deler med andre land, i tillegg til tilrådd TAC, avtalt TAC og fangstar. Til sist omtalast dei langsiktige forvaltningsplanane som Noreg har vedteke saman med andre land.
4.1 Bestandsutrekning og rådgiving
4.1.1 Bestandsutrekning
Bestandsutrekning («assessment») inneber vanlegvis å kombinere tilgjengeleg informasjon frå fangststatistikk og data frå vitskaplege tokt. Ved hjelp av ulike matematiske modellar reknar ein ut kor stor bestanden er i dag ved å sjå på kor store årsklassane var i fjor, og så trekkje frå dei individa som har døydd på grunn av fiske og naturleg død (blitt etne av andre, sjukdom, matmangel, alderdom) i løpet av året. Dei viktigaste datakjeldene i slike modellar er:
Fangststatistikk med stikkprøver av alderssamansetjing (skal fortelje kor mykje som er blitt fiska i løpet av året av dei forskjellige årsklassane) toktdata (fortel om relative endringar i talet på fisk i kvar aldersgruppe i forhold til året før)
Fangststatistikk
Det er viktig å halde oversikt over kor mange individ som vert tekne ut av ein bestand. I nokre tilfelle kan ein sjå om bestanden veks eller minkar ved å samanlikne kor stor fiskeinnsats som ligg bak kvart tonn med fanga fisk frå år til år. Fisket gir forskarane opplysningar om når, kva, kvar og kor mykje det blir fiska, viktig informasjon som vert mata inn i modellane til forskarane. Desse opplysningane må difor vere så nøyaktige som mogleg.
Toktdata
Havforskingsinstituttet brukar vanlegvis fleire ulike metodar for å måle mengda av fisk i havet:
ekkolodd/akustikk
trål
måling av eggproduksjon
merking/gjenfangst av fisk
Akustisk mengdemåling
Metoden baserer seg på at objekt i havet reflekterer lyd (ekko). Styrken og tidslengda på ekkoet frå ein fisk eller fiskestim er avhengig av art og storleik på fisken, og av kor stor og tett stimen er. Desse samanhengane er etter kvart vorte rimeleg godt fastlagde gjennom eksperimentelle og kontrollerte målingar. Ved å måle og lagre ekkostyrke og ekkotidslengd langs kurslinjene og observere kva slags artar og storleikar som medverkar til dei akustiske målingane ved å ta prøver (trålfangstar), kan ein rekne ut kva slags fisketettleik, art og storleik ekkomålingane svarar til. Dei akustiske målingane og analysane vert utførte i BEI («Bergen Echo Integrator»), eit system som er utvikla av Havforskingsinstituttet og som er i omfattande bruk rundt om i verda. Ei evaluering av dette systemet for eit par år sidan konkluderte med at BEI ikkje ville tilfredsstille framtidige økosystemrelaterte krav, og at det etterkvart også ville vere vanskeleg å vedlikehalde. Eit nytt system – «Large scale survey system (LSSS)» – er difor utvikla, og vart i løpet av 2007 teken i bruk i all akustisk mengdemåling.
Botntrål
Talet på fisk i kvar botntrålfangst vert rekna om til fisketettleik (tal per flateeining) ved å dividere på det arealet botntrålen har fiska over. Ved å ta eit stort tal trålstasjonar fordelt i heile utbreiingsområdet til bestanden, får ein fram ei fordeling basert på trålfangst per arealeining. Talet på fisk i kvar arts- og storleiksgruppe vert justert basert på kunnskap vunnen gjennom eksperiment, om kor mange fisk som vil vike unna trålen eller som vil sleppe gjennom maskene på trålen.
Måling av eggproduksjonen
Metoden her kan kortfatta skisserast slik: når ein veit kor mange egg som er gytt og kor mange egg ein hofisk gyt, kan ein finne ut kor mange hofisk som har gytt. Feltdelen, eller eggtalfestinga i metodikken, er i hovudsak lik botntrålmetodikken. Med planktonhåv tek ein eit stort tal håvtrekk fordelt i heile gyteområdet. Fangstane av egg vert rekna om til eggtettleik (tal per flateeining). Multiplisert med tilhøyrande areal og justert for alderen til egga, får vi så totalt tal på egg gytt per dag. Gyteområdet vert dekka fleire gonger i løpet av gytesesongen. Når eggmengdene frå kvar dekking vert summerte over heile gytesesongen, får vi det totale talet på gytte egg.
Talet på egg som eit individ gyt er avhengig av art og storleik. Store hoer gyt fleire (og større) egg enn små hoer. Samanhengen er fastlagt, og talet på egg per gram hofisk er talfesta. Total mengd gytte egg, dividert med talet på egg per gram hofisk, gir til slutt vekta eller biomassen til gytebestanden av hofisk. Prøvetaking syner kor mykje hannfisk og hofisk det er i gytebestanden. Vanlegvis er dette forholdet nær 1:1.
Merkeforsøk
I si aller enklaste form kan formelverket som vert nytta skisserast slik:
Talet på fisk i bestanden/talet på merkte fisk = Talet på fisk i fangst/talet på merkte fisk i fangst.
Dersom ein held greie på kor mange merke som vert sette ut, kor mange merke som vert funne att og kor mange fisk som vert fanga, kan ein ved hjelp av denne formelen rekne ut mengda av fisk i bestanden.
4.1.2 Metodar for utrekning av bestandsstorleik
Bestandsutrekning inneber som nemnt å kombinere tilgjengeleg informasjon frå fisket, data frå tokt der relative bestandsendringar vert observert, og beskatningsgraden (fisketrykket). Utfallet er grunnlag for rådgiving om fiskekvotar, og er elles viktig for meir grunnleggjande forsking på tilhøve som avgjer storleiken på bestanden, rekruttering osv.
For dei fleste bestandar av interesse for Noreg vert desse utrekningane gjort i samarbeid med forskarar frå fleire land i arbeidsgrupper innanfor ICES (Det internasjonale råd for havforsking). Utrekningsverktøyet er matematiske modellar. Det finst ei rekkje slike modellar, og dette er eit forskingsfelt i rask utvikling. Valet av modell vil avhenge av eigenskapane til bestanden og kva slags data som er tilgjengelege. I Noreg brukar ein hovudsakleg modellar der føresetnaden er at både fangstane og toktdata ligg føre som tal på fisk fordelt på alder. Medan talet på fisk i fangstane er eit absolutt tal, er talet på fisk målt på tokt eit relativt tal; ein indeks. Det gjer at målingane kan knytast til årsklassar, og at kvar årsklasse kan følgjast over tid.
VPA (Virtuell PopulasjonsAnalyse)
Dette er ein metode for å rekne ut kor stor ein årsklasse må ha vore bakover i tid og kor mykje fisk som har dødd som følgje av fiske (s.k. fiskedød, dvs. den delen av bestanden som er hausta i fiskeria), ved hjelp av opplysningar om fangst ved alder over ein del år. Dette er ikkje nok for ei fullstendig bestandsutrekning, men mange utrekningsverktøy tek utgangspunkt i denne metoden.
Om ein veit kor mange fisk som har vore fanga av ein årsklasse gjennom ein del år, veit ein også at det må ha vore minst så mange fisk i årsklassen frå starten av. Faktisk må det ha vore endå fleire, fordi ein også må rekne med eit fråfall av andre årsaker enn fiske (naturleg død). Når ein skal setje opp ein slik rekneskap, startar ein i praksis med den mengda fisk ein trur framleis er til stades og legg til det som vart fanga og det som gjekk tapt siste år på grunn av naturleg død. Då får ein den mengda fisk som må ha vore i årsklassen året før. Slik held ein fram bakover i tid. Den naturlege døden reknar ein som oftast som eit fast relativt (prosentvis) tap kvart år. Fiskedøden får ein ved å samanhalde fangst og bestand år for år.
VPA fortel altså ikkje kor stor bestanden er i augneblinken. Om ein derimot kan gå ut frå at det no er lite att av ein årsklasse, kan ein rekne ut ganske presist kor stor årsklassen har vore i tidlegare år. Utrekninga byggjer på fangststatistikken og vert villeiande om fangsttala ikkje er rette.
For somme artar brukar vi ikkje metodikk basert på fangststatistikk. I våre farvatn gjeld det først og fremst lodda. Her brukar ein den akustiske målinga av bestanden som eit absolutt mål for bestandsstorleiken, og nyttar så modellar som tek omsyn til at den naturlege dødsraten mellom målinga og gytetidspunktet vil variere med kor mykje torsk og andre rovdyr som er i området, som basis for rådgivinga om kvotar.
For dei fleste artane og bestandane i våre farvatn har ein berre data og relevant informasjon frå fiskeria å støtte seg til når bestandsstorleiken skal estimerast og evaluerast. Rett kvantifisering av kor stor fiskeinnsats (inkl. endring av effektivitet) som ligg til grunn for eit rapportert fangstkvantum er eit nødvendig forskingsområde framover for å kunne relatere fiskeridata til bestandsstorleik på ein påliteleg måte.
4.1.3 Forvaltningsplanar og rådgiving
Det er naturen som set grenser for kor mykje som kan haustast av ein fiskebestand. Innanfor denne avgrensinga er det like fullt mange alternative måtar å nytte ressursen på, avhengig av kva slags mål ein har. Vi snakkar her om ulike forvaltningsplanar. Desse kan vere tidsavgrensa eller permanente. Ein permanent plan kan for eksempel vere å fiske med ein gitt utnyttingsgrad. Ein tidsavgrensa plan kan for eksempel ta sikte på å byggje opp att ein bestand til eit visst nivå. I begge tilfelle bør det vere mogleg å revidere planen undervegs.
Dei forvaltningsplanane som har eksistert fram til no har som regel vore enkle og ufullstendige. Det er derfor eit langsiktig mål for norske fiskeristyresmakter at forvaltninga skal baserast på meir heilskaplege forvaltningsplanar enn dei vi har i dag, der det ikkje berre vert teke omsyn til biologiske, men også til økonomiske og andre relevante faktorar.
I ein forvaltningsplan er berekraft ei grunnleggjande norm. Optimal ressursutnytting og stabilitet er andre kriterium det er rimeleg å ta omsyn til. For å kunne vurdere utnyttingsgrad og bestand i forhold til slike kriterium, er det utvikla biologiske referansepunkt. Tradisjonelt har desse vore nytta i forvaltningsrådgiving både som grenseverdiar og målverdiar. Nedanfor er det eit oversyn over dei vanlegaste referansepunkta og kva dei tyder, men først er det nødvendig å forklare enkelte vanlege, faglege omgrep.
Død
Total dødsrate (Z) i ein fiskebestand vert delt opp i naturleg dødsrate (M) og fiskedødsrate (F). Fiskedødsraten skal omfatte den delen som skuldast fisket. I praksis vil det like fullt vere vanskeleg å få mål på utkast og død som kjem av kontakt med fiskereiskapar, slik at fiskedødsraten i bestandsutrekningar som regel berre omfattar ilandført registrert fangst. Naturleg dødsrate omfattar då all annan død. Forskarane nyttar «momentane» dødsrater. Ettersom talverdien som oftast ligg mellom 0 og 1, til dømes 0,5, vert dette lett oppfatta som prosentar, slik at 0,5 skulle bety 50 % død. I praksis er tilhøvet slik at dødsraten ofte kan overstige 1 utan at dette betyr 100 % død. Dette kjem av at talet står i høve til det gjennomsnittlege talet på fisk til stades gjennom perioden ein nyttar (t.d. eit år), og ikkje til talet ved starten av perioden. Samanhengen er vist i tabell 4.1.
Tabell 4.1
Døyingsrate | 0,1 | 0,2 | 0,3 | 0,4 | 0,5 | 0,6 | 0,7 | 0,8 | 0,9 | 1,0 | 1,5 | 2,0 |
% av bestands-storleik ved årets begynning | 9,5 | 18,1 | 25,9 | 33,0 | 39,3 | 45,1 | 50,3 | 55,1 | 59,3 | 63,2 | 77,7 | 86,5 |
I forvaltningssamanheng er det som regel berre fiskedødsrate som vert presentert. Naturleg død kjem i tillegg til dette. Ein fordel ved å bruke «momentan» døyingsrate, er at dette ofte er tilnærma proporsjonalt med fangstinnsatsen. Ei dobling av fangstinnsatsen tilsvarar omtrent ei dobling av fiskedødsraten.
Eit utnyttingsmønster syner korleis utnyttinga er fordelt på kvar aldersgruppe. Dette vil mellom anna vere avhengig av reiskapsseleksjon. Som regel vil utnyttinga vere lågare for ung fisk enn for eldre. Utnyttingsmønsteret er uavhengig av utnyttingsgrad (fiskedødsrate), og refererer berre til det relative tilhøvet mellom aldersgruppene. Endringar i utnyttingsmønsteret kan ha stor innverknad på langtidsutbytet.
Referansepunkt som dannar grunnlag for rådgiving om fiskekvotar
Føre-var-regelen (eller føre-var-tilnærminga) i forvaltning av naturressursar er nedfelt i fleire internasjonale konvensjonar etter Rio-konferansen i 1992. Sidan 1998 har ICES med tida definert og talfesta føre-var-referansepunkt for dei fleste bestandane. Referansepunkta omfattar både utnyttingsgrad (fiskedødsrate) og storleik på gytebestanden.
Berekraftige fiskeri er eit sentralt omgrep i dei før nemnde internasjonale konvensjonane. Ut frå det langsiktige aspektet som ligg i dette, og ut frå den historiske erfaringa med forvaltning av fiskebestandar, er fiskedødsraten rekna som eit viktig kriterium for føre-var-forvaltning. Ein vil sikre seg mot at bestanden vert utsett for ein fiskedød som på lengre sikt kan føre til samanbrot i bestanden. Ut frå historiske bestandsdata og enkle føresetnader om samanhengen mellom gytebestand og rekruttering, har ein for kvar bestand prøvd å definere ei nedre grense for gytebestanden (Blim), der det er stor risiko for dårleg rekruttering om gytebestanden kjem under denne grensa. Tilsvarande er det definert ei øvre grense for fiskedødsraten (Flim) som, dersom ho blir overskriden over lengre tid, svært sannsynleg vil føre bestanden ned på eit nivå der rekrutteringa er venta å verte dårleg.
Når ein tek omsyn til uvisse i bestandsvurderingane, krev ei føre-var-forvaltning at det vert lagt inn ein tryggleiksmargin i høve til desse «absolutte» grensene. Ei føre-var-grense for gytebestanden (Bpa) 1 må derfor vere noko høgare enn Blim, og ei føre-var-grense for fiskedødsraten (Fpa) må vere noko lågare enn Flim. Denne tryggleiksmarginen vil altså avhenge av presisjonen i bestandsutrekninga og graden av naturleg variasjon i bestanden. Fpa kan sjåast som den høgaste fiskedødsraten som vil vere i samsvar med ei føre-var-forvaltning, men er også knytt til om den er berekraftig. Bpa er først og fremst ei tiltaksgrense. Dersom gytebestanden er lågare enn Bpa, bør ein ta det som ei åtvaring og setje inn ekstra tiltak for å få bestanden opp igjen på eit tryggare nivå.
ICES har definert dei «absolutte» grensene (Blim og Flim) ut frå historiske bestandsdata og teori om dynamikken i fiskebestandar. Når det gjeld føre-var-grensene (Bpa og Fpa), vil verdien på desse mellom anna avhenge av kor stor risiko forvaltninga er villig til å ta. ICES kjem derfor berre med framlegg om føre-var-grenser, og det krevst ein dialog med forvaltninga for å fastsetje føremålstenlege verdiar.
Det er verdt å merke seg at ICES sin definisjon av føre-var-referansepunkta er grenseverdiar som tek sikte på at det er svært sannsynleg at bestanden skal halde seg over nivået der rekrutteringa kan svikte. Grensene er altså ikkje tenkt å vere mål for forvaltninga. For dei fleste bestandar, spesielt av botnfisk, er den føreslåtte føre-var-grensa for fiskedødsraten høgare enn fiskedødsraten som gir maksimalt langtidsutbytte, og forvaltninga kan fritt stile mot eit høgare langtidsutbytte ved å setje eit mål for fiskedødsraten som er lågare enn føre-var-grensa.
Bruken av føre-var-tilnærminga er komen gradvis til syne i ICES si rådgiving. Frå og med hausten 1996 vart det oftare enn før argumentert mot høge fiskedødsrater også for ein del bestandar som var godt innanfor trygge biologiske grenser. Hausten 1997 åtvara ICES om kva slags fangstopsjonar som ikkje vart rekna for å vere føre-var for dei fleste bestandane, og frå 1998 vart føre-var-referansepunkta innførde. Ei anna omlegging hausten 1998 var at ein definerte trygge biologiske grenser ut frå både storleiken på gytebestanden og fiskedødsraten, medan dei tidlegare i hovudsak berre vart definert ut frå storleiken på gytebestanden. Denne omlegginga gjorde at mange bestandar som før vart klassifiserte innanfor trygge biologiske grenser no hamna utanfor, sjølv om det ikkje utan vidare hadde skjedd ei vesentleg endring i bestandssituasjonen. Det er sidan reist innvendingar mot ei slik inndeling, i og med at det kan verke ulogisk at ei høg utnytting er uansvarleg så lenge gytebestanden er på eit forsvarleg nivå. ICES har ei meir langsiktig grunngiving for dette: høgt uttak er ein fare for bestanden på sikt, utan omsyn til noverande storleik på bestanden. Historia stadfestar i høg grad at dette argumentet er relevant.
Frå 2004 har ICES endra omgrepa og snakkar no om å « hauste på ein ikkje berekraftig måte » i dei tilfella der fiskedødsraten er for høg. I dei tilfella der fiskedødsraten er over Fpa, men under Flim, seier vi no at « det er risiko for at bestanden ikkje er hausta berekraftig ». Når fiskedødsraten er under Fpa, seier vi no at « haustinga er berekraftig ». Vidare, når det gjeld gytebestanden, seier vi no at om bestanden er i god forfatning og over Bpa, har den « god reproduksjonsevne ». Om bestanden er under Bpa, men over Blim, heiter det at den har « risiko for sviktande reproduksjonsevne », og til sist, om bestanden er i dårleg forfatning og under Blim, har den « sviktande reproduksjonsevne ». Ei ytterlegare nyansering i høve til reproduksjonsevna kan illustrerast i eit diagram over fiskedødsrate og gytebestand med referansepunkta teikna inn (figur 4.1).
4.1.4 Rådgjeving frå Det internasjonale råd for havforsking (ICES)
Rådgjevinga frå ICES vert frå og med våren 2008 utarbeidd av den nye rådgjevande komiteen, ACOM (Advisory COMittee). ACOM er sett saman av ein forskar frå kvart av dei 20 medlemslanda i ICES i tillegg til leiaren. ACOM vil heretter vere ICES sin einaste rådgjevingskomite for utarbeiding av vitskaplege råd for kyst-/havressursar og økosystem. ACOM vil basere sitt arbeid og sine råd på ekspertgrupper som vil utføre dei vitskaplege analysane, kvalitetsikringsgrupper («review groups») som også vil bruke uavhengige medhjelparar, samt grupper som vil lage utkast til råd. Alle desse gruppene vil få støtte og sekretærhjelp av ICES sitt sekretariat i København. Det blir også ei viss omlegging av den siste del av prosessen når sjølve rådet skal utformast. Her blir det lagt opp til ein videokonferanse blant ACOM-medlemene, med mål om å leggje til rette for ei meir ansvarleg tilnærming av ICES og ein meir kostnadseffektiv arbeidsmåte. Dr Mike Sissenwine, tidlegare president i ICES, og nyleg pensjonert forskingssjef ved USAs NOAA National Marine Fisheries Service, vil bli den første formannen i ACOM. Formennene i dei tidlegare rådgjevingskomiteane i ICES (ACFM, ACE og ACME) vil no bli vise-formenn i ACOM og saman med formannen utgjere ACOM si styringsgruppe. Dette skal sikre ein kontinuitet i rådgjevingsprosessen i omleggingsfasen.
For å sikra ein størst mogleg openheit i prosessane som fører fram til råda frå ICES er det opna for at observatørar frå einskilde interesseorganisasjonar kan ta del i møta til ACOM og i møta til gruppene som lager utkast til råd. Observatørar kan også ta del i arbeidet med kvalitetssikring av råda. Arbeidsmøta der data samanstillast er også opne for observatørane dersom dei kan bidra med data og annan kunnskap. Observatørane må godkjennast av dei einskilde nasjonale delegatane.
Det er venta at ACOM til å byrje med vil gje råd to gonger i året, i juni og oktober. Avhengig av når dei årlege bestandsutrekningane skal gjennomførast for dei ulike fiskebestandane, vert desse utrekningane kvalitetssikra og råd til forvaltninga gitt anten om våren eller hausten. Dei siste åra har derfor dei viktigaste botnfiskbestandane nord om 62° N vore handsama av ICES i møtet om våren, medan råda for botnfiskbestandane i Nordsjøen, i tillegg til lodde, makrell, sild og kolmule, har kome om hausten. Råda frå ICES inneheld ei skildring av tilstanden til bestanden, forvaltningsmål, opsjonstabell med konsekvensar av ulik utnytting, rådgiving og dessutan tabellar og figurar som illustrerer historia til bestanden. Råda er offentlege og kan lesast på internettsida til ICES www.ices.dk. Havforskingsinstituttet omset rådgivinga frå ICES til norsk, kommenterer og utdjupar der det trengst, og legg alt ut på deira internettside www.imr.no. Dette for at det ikkje skal vere tvil om kva som er ICES si vurdering og kva som er Havforskingsinstituttets offisielle vurdering av bestandssituasjonen og råd til dei forvaltande styresmakter.
Noreg haustar i alt 2-3 millionar tonn årleg frå om lag 90 ulike bestandar til ein førstehandsverdi av 12 milliardar kroner. I neste avsnitt skildrar vi dei økonomisk viktigaste bestandane.
4.2 Tilstandsrapportar og rådgjeving for dei viktigaste fiskebestandane i norske farvatn
4.2.1 Nordaust-arktisk torsk
Bestanden er utbreidd i heile Barentshavet opp til polarfronten. I første halvår er gytefisken (skrei) fordelt langs norskekysten, for det meste sør til Lofoten, men enkelte år finst skrei heilt sør til Stad.
Fisket
Gjennomsnittleg årsfangst sidan 1946 er 660.000 tonn. I perioden 1994–1998 var samla årleg fangst over 700.000 tonn, minka så til 415.000 tonn i 2000, og auka etter det gradvis til omlag 640.000 tonn i 2005 inkludert overfiske (Figur 4.2). Frå 2005 til 2006 gjekk fangsten ned frå om lag 640.000 tonn til om lag 600.000 tonn. Her er det lagt til grunn tal for eit urapportert overfiske (sjå under), noko som er omstridt. Norsk fangst har dei siste åra vore om lag 45 % av total rapportert internasjonal fangst. Nesten alt utanlandsk fiske på nordaust-arktisk torsk skjer med botntrål, men i det norske fisket er 65-70 % av fangsten teken med andre reiskapar.
For perioden 2002-2006 har ICES lagt til grunn eit berekna årleg urapportert overfiske på høvesvis 90, 115, 117, 166 og 127 tusen tonn. Fiskeridirektoratet har berekna andre tal i 2005. For 2007 er Fiskeridirektoratet og Havforskingsinstituttet einige om eit tal på 40.000 tonn. Dette er ein kraftig nedgang i overfisket.
Utrekningsmetodar
Grunnlaget for utrekningane er toktresultat, årleg totalfangst (rapportert pluss berekna urapportert fangst) og prøvetaking frå fisket. Bestandsstorleik er talfesta gjennom ein «fangst ved alder analyse» styrt mot toktresultat for dei siste åra. Heile analysen er gjort med ulike modellar som i store trekk har gitt samstemte resultat. For tida er mengda urapportert fangst truleg den største kjelda til uvisse i resultata.
Bestandsgrunnlaget
Figur 4.2 syner utviklinga av totalbestanden sidan 1946. Bestanden minka frå 1993 til 1999. Den auka att fram til 2003, og har etter det vore nokså stabil. Ein viktig grunn til auken etter 1999 er truleg betre ungfiskvern gjennom stenging av område med småfisk og bruk av sorteringsrist i trålfiskeria. Gytebestanden er i dag høg samanlikna med det han var i åra 1950-1990. Tidlegare kjønnsmodning er ein viktig grunn til dette.
Tilrådde reguleringar og avtalar for 2008
I siste bestandsvurdering klassifiserte ICES bestanden til å ha god reproduksjonsevne, medan fiskepresset i 2006 er klassifisert som ikkje berekraftig.
ICES tilrådde ein kvote for 2008 (409.000 tonn, Tabell 4.2), i tråd med den sameinte haustingsregelen. Uregistrert fiske vil undergrave dei måla som ligg bak haustingsregelen. ICES påpeika og at utøvinga av torskefisket må ta omsyn til behovet for vern av kysttorsk og behovet for redusert bifangst av uer.
Tabell 4.2 Tilrådd TAC, avtalt TAC, fangst og gytebestand (1000 tonn) av nordaust- arktisk torsk sidan 1995
År | Råd frå ICES | Tilrådd TAC | Avtalt TAC | Fangstar | Gyte bestand |
---|---|---|---|---|---|
1995 | Ingen gevinst ved å auke F | 681 | 700 | 740 | 529 |
1996 | Ingen gevinst ved å auke F | 746 | 700 | 732 | 571 |
1997 | Godt under Fmed | < 993 | 850 | 762 | 588 |
1998 | F < Fmed | 514 | 654 | 593 | 386 |
1999 | Minka F til under Fpa | 360 | 480 | 485 | 292 |
2000 | Auka SSB til over Bpa i 2001 | 110 | 390 | 415 | 240 |
2001 | Høgt sannsyn for SSB > Bpa i 2003 | 263 | 395 | 426 | 354 |
2002 | Minka F til under 0.25 | 181 | 395 | 535 | 496 |
2003 | Minka F til under Fpa | 305 | 395 | 552 | 547 |
2004 | Minka F til under Fpa | 398 | 486 | 606 | 660 |
2005 | Bruk haustingsregelen, ta omsyn til vern av kysttorsk og uer | 485 | 485 | 580 | 614 |
2006 | Bruk haustingsregelen, ta omsyn til vern av kysttorsk og uer | 471 | 471 | 641 | 591 |
2007 | Minka F til under Fpa, ta omsyn til vern av kysttorsk og uer | 309 | 424 | 596 | 574 |
2008 | Bruk haustingsregelen, ta omsyn til vern av kysttorsk og uer | 409 | 430 |
Den blanda norsk-russiske fiskerikommisjonen konstaterte indikasjonar på at omfanget av overfiske vart redusert i 2007, mellom anna som følgje av innføringa av NEAFC sitt hamnestatsregime frå 01.05.2007. På denne bakgrunn bad partane forskarane å rekne ut effekten på totalkvoten for torsk i 2008 ved alternative nivå for totalt uttak i 2007, inkl. overfiske.
Etter ei totalvurdering av situasjonen i 2007 kom partane fram til at totalkvoten for 2008 i tråd med forvaltningsregelen kunne fastsetjast til 430.000 tonn.
Den sameinte fangstregelen er svært viktig for å oppretthalde ei god forvaltning av denne bestanden. Regelen har ført til at fiskerikommisjonen har avtalt torskekvoten i samsvar med ICES sine råd for 2005 og 2006. I heile perioden 1998–2004 var kvotane høgare enn tilrådingane frå ICES, noko dei også var for 2007 og 2008. Avvika for 2007 og 2008 skuldast at kommisjonen og ICES nytta ulike tal for urapportert fiske når kvoten vart rekna ut på bakgrunn av forvaltningsregelen.
4.2.2 Norsk-arktisk hyse
Fisket
Hyse vert fiska gjennom heile året, i hovudsak som bifangst i trålfisket etter torsk, særleg når bestandsnivået er lågt. Historiske rapporterte årsfangstar har variert mellom 21.000 og 322.000 tonn sidan 1950. Gjennomsnittleg årsfangst er 124.000 tonn. Dei siste åra har Russland og Noreg stått for meir enn 90% av landingane. Dei rapporterte fangstane i 2006 var 132.000 tonn. I dei seinare åra er det kjent at fisk som omlastas i Barentshavet underrapporterast. Størrelsen på dette overfisket er usikkert på grunn av eit lite datamateriale, men har blitt berekna for åra 2002-2006 og utgjer minst 5-35% av det rapporterte uttaket avhengig metode og data som ligger til grunn.
Utrekningsmetodar
I utrekningane av kor stor hysebestanden er har ein tradisjonelt brukt same reknemodell som for norsk-arktisk torsk. Utrekningane er basert på fangststatistikken, men også tre seriar av indeksar (relative mål) frå forskingstokt inngår. Bestandsutrekningane tek også omsyn til den mengda hyse som torsken et. Dette reknar ein ut frå mageprøver av torsk.
Toktindeksane som inngår er botntrålindeks og akustisk indeks frå det norske toktet i Barentshavet i februar og botntrålindeks frå det russiske toktet i Barentshavet i november/desember. Undersøkingar har avdekka rikelege mengder av hyse utanfor det tradisjonelle toktområdet. Fordi enkelte årsklassar har ein langt meir vestleg og sørleg (kystnær) fordeling enn andre årsklassar, vil graden av underdekking variere. For eksempel har det vore observert lite av 1996-årsklassen på tokta i forhold til dei kommersielle fangstane. Bestandsanalysane tek noko omsyn til dette. Ting tyder på at underdekkinga er størst for nokre av dei svakare og middels årsklassane. Eit anna problem har vore at området dekka av tokt har variert mellom år, spesielt har dekkinga av russisk sone vore for dårleg i nokre år som spesielt har betyding for den yngre hysa (1-3 år) som ofte er utbredt i russisk sone. Likevel har vi god grunn til å anta at indeksane frå tokt fangar opp hovudtrekka i bestandssvingingane godt.
Bestandsgrunnlaget
Bestanden av norsk-arktisk hyse var nede på eit svært lågt nivå i 1983-1984 (figur 4.3). Etter dette gav årsklassane 1982 og 1983 ein auke i bestanden, men dei svake årsklassane 1985-1987 førte til ein ny nedgang fram til 1990. Rekrutteringa vart seinare sterkt forbetra. Spesielt var 1990-årsklassen svært sterk, og den er, saman med 1950-, 1969- og 1983-årsklassane, ein av fire svært sterke årsklassar etter 1945. Frå 1998 ser det ut til at vi har kome i ein ny situasjon med meir stabilt god rekruttering. Alle årsklassane etter 1998 ser ut til å ha rekruttert godt til den delen av bestanden som overlever til 3-års alder, men 0-gruppe undersøkingane av 2007 årsklassen indikerer rekruttering under middels. Grunnlaget for ei svært positiv bestandsutvikling er til fortsett til stades, men toppen på utviklinga av bestanden ser ut til å vere nådd.
Tilrådde reguleringar
Dei totalkvotane som har vore avtalte mellom norske og russiske styresmakter har generelt sett vore over tilrådde kvotar i heile perioden sidan 1990 (tabell 4.3). Unntaka har vore 1997 og 2003. Utrekningane for 2008 er usikre, mellom anna på grunn av store mengder ikkje-rapporterte fangstar. Meir spesifikt så kan ein sjå noko av usikkerheita ved å samanhalde indeksar frå tokt saman med utrekningane basert på fangstdata som viser ulik utvikling av bestanden over tid: mens utrekningane basert på fangstdata viser ein bestand som i dag er større eller på høgd med bestanden på 90-talet, så viser alle tokta ein bestand som er lågare enn på 90 talet (figur 4.4), sjølv om alle viser same svingingane over tidsperioden. Følgjeleg vart det ikkje gitt prognosar for 2008. Tilrådinga for 2008 vart difor utarbeid ved å sjå på historiske fangstar og observerte trendar i bestanden og avgrensar totalfangsten av hyse til mindre enn 130.000 tonn. Den avtalte kvoten for 2008 på 155. 000 tonn blei vedteken på bakgrunn av arbeidet i Arctic Fisheries Working Group (AFWG) og den fastsette forvaltningsstrategien, og gytebestanden reknast for å vere over føre-var-nivået på 80.000 tonn. I 2006 og 2007 vart det lagt fram dokumentasjon på ikkje-rapportert fiska hyse for åra 2002-2006, rekna til å ugjere minst mellom 9-35% av rapportert fiska hyse.
Tabell 4.3 Tilrådd TAC, avtalt TAC, fangst og gytebestand (1000 tonn) av norsk-arktisk hyse sidan 1995
År | Råd frå ICES | Tilrådd TAC | Avtalt TAC | Fangstar | Gytebestand |
---|---|---|---|---|---|
1995 | Ingen langtidsgevinst for F > Fmed | 122 | 130 | 142 | 169 |
1996 | Ingen langtidsgevinst for F > Fmed | 169 | 170 | 178 | 222 |
1997 | Hald F godt under Fmed | <242 | 210 | 154 | 205 |
1998 | Hald F under Fmed | <120 | 130 | 101 | 161 |
1999 | Minka F til under Fpa | <74 | 78 | 83 | 130 |
2000 | Minka F til under Fpa | <37 | 62 | 69 | 123 |
2001 | Minka F til under Fpa | <66 | 85 | 90 | 158 |
2002 | Minka F til under Fpa | <64 | 85 | 117 | 186 |
2003 | Minka F til under Fpa | <101 | 101 | 135 | 230 |
2004 | Minka F til under Fpa | <120 | 130 | 155 | 254 |
2005 | Minka F til under Fpa | <106 | 117 | 154 | 277 |
2006 | Minka F til under Fpa | <112 | 120 | 250 | |
2007 | Avgrens total fangst | <130 | 150 | ||
2008 | Avgrens total fangst | <130 | 155 |
4.2.3 Norsk-arktisk sei
Fisket
Utbyttet av seifisket nord for 62°N var på 162.000 tonn i 2004, 176.000 tonn i 2005 og 212.000 tonn i 2006 (figur 4.5), medan gjennomsnittsutbyttet for 1960-2005 var på 161.000 tonn. Kvoten for 2007 vart fastsett til 222.525 tonn, men utbyttet vart om lag 20.000 tonn lågare enn dette. Noreg dominerer fisket (ca. 95 %), og det gjennomsnittlege norske utbytet i perioden 1960–2006 var på 135.000 tonn. Dei ti siste åra har trålfisket stått for 40 % av dei norske landingane, not 25 %, garn 20 % og line, snurrevad og juksa 15 %.
Tabell 4.4 Tilrådd TAC, fastsatt TAC, fangst og gytebestand (1000 tonn) av norsk-arktisk sei sidan 1995
År | Råd frå ICES | Tilrådd TAC | Fastsatt TAC | Fangstar | Gytebestand |
---|---|---|---|---|---|
1995 | Ingen auke i F | 221 | 165 | 168 | 338 |
1996 | Ingen auke i F | 158 | 163 | 171 | 405 |
1997 | Minka F til Fmed eller lågare | 107 | 125 | 144 | 399 |
1998 | Minka F til Fmed eller lågare | 117 | 1451 | 153 | 457 |
1999 | Minka F under Fpa | 87 | 1442 | 150 | 461 |
2000 | Minka F under Fpa | <89 | 1253 | 136 | 536 |
2001 | Minka F under Fpa | <115 | 135 | 136 | 598 |
2002 | Minka F under Fpa | <152 | 1624 | 155 | 677 |
2003 | Halde F under Fpa | < 1684 | 164 | 160 | 632 |
2004 | Halde F under Fpa | < 186 | 169 | 162 | 701 |
2005 | Halde F under Fpa | < 215 | 215 | 177 | 622 |
2006 | Halde F under Fpa | <202 | 193.5 | 212 | 788 |
2007 | Halde F under Fpa | <249 | 222.525 | 2005 | 799 |
2008 | TAC i.h.t. HCR eller lågare | <247 | 247 |
1 TAC først sett til 125.000 tonn, auka i mai 1998 etter ekstraordinære bestandsanalysar.
2 TAC sett etter ekstraordinære bestandsanalysar i desember 1998.
3 TAC sett etter ekstraordinære bestandsanalysar i desember 1999.
4 TAC først sett til 152.000 tonn, auka til 162.000 tonn etter bestandsanalysane i april 2002, opphavleg råd frå ICES for 2003 på 168.000 tonn følgjeleg redusert til 164.000 tonn.
5 Førebels tal
Utrekningsmetodar
For sei nord for 62°N brukar ein metoden XSA (eXtended Survivors Analysis) til å rekne ut bestandsnivået. I utrekningane inngår fangststatistikken (tal landa fisk fordelt på aldersgrupper), ein tidsserie med data for fangst per eining innsats frå trålfisket og indeksar for ulike aldersgrupper frå eit akustisk tokt.
Bestandsgrunnlaget
I april 2007 gjennomførte ICES nye bestandsutrekningar (figur 4.5). Seibestanden nord for 62°N er i god forfatning. Låg utnyttingsgrad dei siste ti åra har hatt ein positiv effekt på rekruttering og utvikling i bestanden. Gytebestanden auka frå eit botnnivå i 1987 til dei høgaste nivåa i tidsserien i 2001-2006. Analysane viste at fiskedødsraten i 2006 var godt under føre-var-nivået, og at den fastsatte kvoten for 2007 også ville gi ein dødsrate under dette nivået.
Tilrådde reguleringar
ICES klassifiserte bestanden til å ha god reproduksjonskapasitet og til å vera hausta berekraftig. Fiskedødsraten er stabil og har sidan 1995 vore under føre-var-nivået (F=0.35), og gytebestanden har sidan 1994 vore godt over føre-var-nivå (220.000 tonn). ICES evaluerte i 2007 den føreslegne haustingsstrategien (HCR) til å vera i tråd med føre-var tilnærminga. For 2008 tilrådde ICES at utnyttingsgraden vart sett i høve til denne haustingsregelen eller lågare, noko som tilsvarer ein kvote for 2008 på 247 000 tonn eller lågare.
Havforskingsinstituttet støtta tilrådinga frå ICES og tilrådde at utnyttingsgraden i haustingsregelen vert sett tilsvarande utnyttingsgraden for maksimalt langtidsutbytte (F=0.32). Dette ville gje ein kvote for 2008 på 235 000 tonn.
Norske styresmakter har ved fastsetjinga av kvoten for 2008 på 247 000 tonn (tabell 4.4) lagt til grunn den nye haustingsstrategien med ei utnyttingsgrad på føre-var-nivå (F=0.35). Kvoten er 11 % høgare enn kvoten for 2007 og om lag 50 % over gjennomsnittsutbyttet for 1960 – 2006. Gytebestanden er venta å verta ein del redusert i 2008–2009 ved eit uttak på føre-var-nivå.
4.2.4 Lodde i Barentshavet
Utrekningsmetodar
Totalbestanden av lodde vert målt akustisk kvar haust. Toktet er eit samarbeid mellom Noreg og Russland. Desse undersøkingane gir eit overslag over mengda av lodde som er eitt år og eldre. Eit loddelarvetokt i juni (ikkje utført i 2006 og 2007) og undersøkingar av 0-gruppe under eit økosystemtokt i august–september gir tilleggsinformasjon om rekruttering.
Frå og med 2005 vert bestandsutrekningane for lodda i Barentshavet utarbeidde av ei undergruppe av «Arctic Fisheries Working Group» i ICES. Gruppa møtest etter økosystemtoktet i august–september, og estimerer storleiken på loddebestanden. Bestandsestimatet frå dette toktet vert brukt direkte som mål for bestandsstorleiken, og prognosar og kvotetilrådingar vert rekna ut i spesielle modellar der også modning, vekst og naturleg dødsrate inngår. Estimata for naturleg død tek omsyn til mellom anna mengda og storleikssamansetjinga av torsk i Barentshavet, og kor mykje av loddebestanden ein meiner at denne torsken kjem til å ete. I det reknestykket inngår også temperaturen i dei områda torsken beitar på lodda, då dette påverkar kor fort torsken fordøyer lodda, og difor også kor mykje han kan ete. I prognosane tek ein omsyn til uvisse i dei ulike målingane og i føresetnadane som inngår.
Bestandsgrunnlaget
Figur 4.6 viser utviklinga i bestand og fangst frå 1973 til 2006. Biomassen til loddebestanden vart mykje redusert frå 2002 til 2003, og situasjonen må kallast eit bestandssamanbrot. I 2004 og 2005 held han seg på eit lågt nivå, men har sidan auka ein del. Rekrutteringa har svikta dei siste åra, men teke seg noko opp etter 2004.
Samanbrotet i bestanden skuldast først og fremst to faktorar: svake rekrutterande årsklassar (trass i stor larveproduksjon kvart år), og auka naturleg død. Samanbrotet skuldast ikkje fisket. Dei siste åra har det vorte målt store sildemengder (hovudsakleg 2002-årsklassen, men no også 2004-årsklassen) i det sørlege og austlege Barentshavet. Det er derfor grunn til å tru at den dårlege overlevinga av loddelarvar i denne perioden kan henge saman med dette. Auka naturleg dødsrate for eldre lodde kan, i alle fall langt på veg, skuldast at ein veksande torskebestand beita på ein sterkt minkande loddebestand.
Den vidare utviklinga i bestanden er i stor grad avhengig av rekrutteringa frå 2007-årsklassen. Denne årsklassen var talrik på larve- og 0-gruppestadiet, og dersom overlevinga til eittårsstadiet har vore som normalt, vil denne årsklassen få bestanden til å vekse dei to-tre neste åra. Det meste av den sterke 2002-årsklassen av sild har no forlate Barentshavet, men det kan synast som om også 2004-årsklassen av sild kan vere stor, og deler av denne kan vere i Barentshavet også i 2008. I så fall kan dette påverke rekrutteringstilhøva for lodde negativt.
Tabell 4.5 Tilrådd TAC, avtalt TAC, fangst og modnande bestand hausten før (1000 tonn) av lodde i Barentshavet sidan 1998
År | Råd frå ICES SSB=gytebestand | Tilrådd TAC | Avtalt TAC | Fangstar | Modnande bestand |
---|---|---|---|---|---|
1998 | Ikkje fiske | 0 | 0 | 1 | 932 |
1999 | SSB> 500.000 t | <79 | 80 | 105 | 1718 |
2000 | 5 % sannsyn for SSB< 200 000 t | <435 | 435 | 410 | 2097 |
2001 | 5 % sannsyn for SSB< 200 000 t | <630 | 630 | 575 | 2019 |
2002 | 5 % sannsyn for SSB< 200 000 t | <650 | 650 | 659 | 1291 |
2003 | 5 % sannsyn for SSB< 200 000 t | <310 | 310 | 282 | 279 |
2004 | Ikkje fiske | 0 | 0 | 0 | 294 |
2005 | Ikkje fiske | 0 | 21 | 1 | 174 |
2006 | Ikkje fiske | 0 | 0 | 0 | 437 |
2007 | Ikkje fiske | 0 | 41 | 4 | 844 |
2008 | Ikkje fiske | 0 | 101 | 10 |
1 forskingskvote
Reguleringar
Utan loddefiske vinteren 2008 er sannsynet for at gytebestanden vert mindre enn 200.000 tonn, som ACFM har valt å nytte som Blim, på 15%, og ACFM tilrådde hausten 2007 at det ikkje burde opnast for eit loddefiske i Barentshavet vinteren 2008. Den blanda norsk-russiske fiskerikommisjonen vedtok på sitt møte i november 2007 å forby fiske på barentshavslodde vinteren 2008, med unnatak for ein forskingskvote på 5.000 tonn kvar til Noreg og til Russland.
4.2.5 Norsk vårgytande sild
Den vaksne bestanden av norsk vårgytande (NVG) sild er på årlege vandringar som dekkjer store deler av det nordlege Atlanterhavet. Gytinga i februar går føre seg på Norskekysten frå Stad til Vesterålen, beitevandringa frå mai til august er i havområda mellom Noreg, Færøyane, Island, Jan Mayen og Svalbard, medan overvintringa frå september til januar har skjedd i Vestfjorden, Ofotfjorden og Tysfjord frå tidleg på 1990-talet til 2001. Fra vinteren 2001/02 til vinteren 2006/07 har det dette endret seg og bestanden har i økende grad overvintra i havet nord og nordvest for Vesterålen. Denne endringen er nå fullført ved at heile bestanden overvintra i havet vinteren 2007/08. Bestanden har dermed endra vandringsmønsteret sitt og vil truleg halde fram med å overvintre i havet. Det er Noreg, Island, Færøyane, EU og Russland som fiskar på denne sildebestanden. Silda oppheld seg for det meste i norske farvatn, og Noreg er også største fiskerinasjonen.
Etter det totale bestandssamanbrotet på slutten av 1960-talet vart bestanden bygd opp att til det som kan kallast historiske nivå (figur 4.7). Oppbygginga gjekk sakte, og først rundt 1997 var fangsten tilbake på eit nivå som likna situasjonen før samanbrotet. I 2007 er gytebestanden rekna å vere om lag 11,9 millionar tonn og er venta å halde seg på dette nivået i 2008.
Situasjonen våren 2008
ICES har tilrådd eit fiske på 1.518.000 tonn for 2008. Bakgrunn for kvotetilrådinga er ein utnyttingsgrad som kyststatane (EU, Færøyane, Island, Noreg og Russland) vart einige om i 1999 (F = 0.125). Det vart semje mellom kyststatane om ein totalkvote på 1.518.000 tonn for 2008 og ei fordeling av den totale årlege fangsten. Dei vart også samde om å føre vidare utnyttingsgraden frå tidlegare i 2008.
Tabell 4.6 Fangst (tusen tonn) av norsk vårgytande sild 1996–2007
1996 | 1997 | 1998 | 1999 | 2000 | 2001 | 2002 | 2003 | 2004 | 2005 | 2006 | 20071 | |
---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
Færøyane | 52,8 | 60,0 | 68,1 | 55,5 | 68,6 | 34,1 | 32,3 | 27,9 | 42,8 | 65,1 | 63,1 | 48,1 |
Island | 165,0 | 220,2 | 197,8 | 203,4 | 186,0 | 77,7 | 127,2 | 117,9 | 102,8 | 156,5 | 159,3 | 130,8 |
Noreg | 699,2 | 861,0 | 743,9 | 740,6 | 713,5 | 495,0 | 487,2 | 477,6 | 477,1 | 580,8 | 567,8 | 779,5 |
Russland | 119,3 | 168,9 | 124,0 | 157,3 | 163,3 | 109,0 | 113,8 | 122,8 | 115,9 | 132,1 | 120,8 | 123,2 |
EU | 180,4 | 116,4 | 89,2 | 78,5 | 76,0 | 60,0 | 47,2 | 43,2 | 55,6 | 68,8 | 59,5 | 39,1 |
Total | 1216,7 | 1426,5 | 1223,0 | 1235,3 | 1207,4 | 775,8 | 807,7 | 789,4 | 794,2 | 1003,3 | 970,5 | 1120,7 |
Fastsett kvote | 2 | 1500 | 1300 | 1300 | 1250 | 850 | 850 | 7112 | 8252 | 10002 | 9672 | 1280 |
1 Førebelse tal (for EU og Island pr. 30.09.07, for Russland pr. 01.10.07, for Færøyane pr.19.10.07 og for Norge pr. 1.12.2007)
2 Ikkje internasjonal semje om totalkvote
Tabell 4.7 Tilrådd TAC, avtalt TAC, fangst og storleiken på gytebestanden (1000 tonn) av norsk vårgytande sild sidan 1995
År | Råd frå ICES | Tilrådd TAC | Avtalt TAC | Fangst | Gytebestand |
---|---|---|---|---|---|
1995 | Ingen auke i F | 513 | Ikkje avtalt | 906 | 4873 |
1996 | Hald SSB over 2,5 millionar tonn | 1 | Ikkje avtalt | 1217 | 6522 |
1997 | Hald SSB over 2,5 millionar tonn | 1 | 1500 | 1420 | 7778 |
1998 | Ikkje gå over haustingsregelen | 2 | 1300 | 1223 | 7038 |
1999 | Ikkje gå over haustingsregelen | 1263 | 1300 | 1235 | 6583 |
2000 | Ikkje gå over haustingsregelen | 1500 | 1250 | 1207 | 5293 |
2001 | Ikkje gå over haustingsregelen | 753 | 850 | 776 | 4577 |
2002 | Ikkje gå over haustingsregelen | 853 | 850 | 808 | 4594 |
2003 | Ikkje gå over haustingsregelen | 710 | Ikkje avtalt | 789 | 5299 |
2004 | Ikkje gå over haustingsregelen | 825 | Ikkje avtalt | 794 | 6692 |
2005 | Ikkje gå over haustingsregelen | 890 | Ikkje avtalt | 1003 | 6043 |
2006 | Ikkje gå over haustingsregelen | 732 | Ikkje avtalt | 970 | 10200 |
2007 | Ikkje gå over Haustingsregelen | 1280 | 1280 | 1120,73 | 11900 |
2008 | Ikkje gå over Haustingsregelen | 1518 | 1518 | 119004 |
1 Gytebestanden må haldast større enn 2,5 millionar tonn
2 Må haustast innafor haustingsregelen
3 Førebels
4 Framskriving
4.2.6 Nordsjøsild
Fiskeri
Noreg og EU forvaltar nordsjøsilda i fellesskap. Det finst nordsjøsild i Nordsjøen og Skagerrak-Kattegat (ungfisk). Fisket går føre seg i eit direkte fiske med ringnotfartøy og trålarar og som bifangst i industritrålfisket. Utviklinga i det internasjonale fisket frå 1960 er vist i figur 4.8. Fangsttala er henta frå sildearbeidsgruppa til ICES i 2008, og er ikkje heilt i samsvar med offisielle tal. Etter eit samanbrot i bestanden og stopp i fisket på midten av 1970-tallet, auka fangstane jamt utover 1980-talet og nådde ein topp på ca. 890.000 tonn i 1988. Tidleg på 1990-talet var årleg oppfiska kvantum på 600.000-700.000 tonn. Dette førte til ei negativ utvikling i bestanden, og det vart tilrådd å avgrense fisket. Kvoten vart difor redusert og halde på et lavt nivå i 1996-1997. Etter dette har fangstane auka, til 640.000 tonn i 2005. Deretter gjekk fangsten ned til om lag 360.000 tonn i 2007.
Noreg og EU har ein avtale om forvaltning av nordsjøsilda i 1998. Denne vart revidert i 2004. Den reviderte avtalen seier at fiskedødsraten for ungsild ikkje skal overskride 0,12, og ikkje over 0,25 for vaksen sild når gytebiomassen er over 1,3 mill tonn. Det er også avtalt ein reduksjon av fiskedødsraten når gytebiomassen er under 1,3 millionar tonn. Noverande avtale har fastsett årlege endringar av TAC på +/- 15%, men kan tillate ein sterkare reduksjon om det trengst. Den oppdaterte planen gir ingen kriterium for når, og kor mykje, TAC kan reduserast utover 15%. Seks år med dårleg rekruttering etter kvarandre, er ein situasjon som ikkje er vurdert i den oppdaterte avtalen, men det gjev stor grunn til bekymring. ICES har i dei siste åra åtvara mot ei negativ utvikling i bestanden. I følgje avtalen har Noreg 29 % av totalkvoten for direkte fiske av sild. Eventuelle bifangstar i det norske industritrålfisket vert trekte frå denne kvoten. EU innførte i 1997 ein eigen bifangstkvote for industrifisket. Denne bifangstkvoten har ikkje blitt oppfiska i åra etter 1997.
Den avtalte kvoten for vaksen sild til konsum i Nordsjøen (tabell 4.8) har lenge vore lågare enn kvantumet som vert fiska. Dette kjem hovudsakleg av utstrekt feilrapportering. Det vil seie at det vert fiska nordsjøsild som vert rapportert som fangstar tekne i andre område. Bifangstane av småsild var tidlegare på eit svært høgt nivå (100-200.000 tonn). Dette fisket var i prinsippet uregulert. Etter innføringa av den nye ordninga vart bifangstane av småsild i reduserte til under 20.000 tonn årleg. Estimert feilrapportering auka frå 19.000 tonn i 2006 til 26.000 tonn i 2007, medan utslepp vart estimerte til å vera låge. Vi er med andre ord framleis usikre på fangststatistikken, noko som også gjer bestandsvurderinga usikker.
Bestandsgrunnlag
Hardt fiskepress gjennom fleire år førte til at gytebestanden av nordsjøsild vart kraftig redusert i perioden 1989-1993: frå ca. 1,2 million tonn til ca. 470.000 tonn (figur 4.8). Fiskepresset på den vaksne delen av bestanden auka kraftig utover i 1990-åra, og det vart fiska store mengder småsild i industrifisket. Kvotane låg på eit jamt nivå, samtidig som bestandsnivået gjekk kraftig nedover. Dette førte til ei vesentleg dårlegare rekruttering til den vaksne bestanden enn det som skulle til for å halde storleiken på bestanden oppe med eit slik fiskepress. Strenge reguleringar av både bifangstfisket og fangstar av vaksen sild vart innførte i midten av 1990-åra (EU-Noreg avtalen). Dette førte til ein auke i gytebestanden til ca. 850.000 tonn i 1998–2000. I dei neste åra steig gytebestanden til ca. 1,8 million tonn i 2004, men med ein reduksjon til under 1,0 millionar tonn (Føre-var-gytebiomasse = 1,3 mill tonn) i 2007.
Rådgjeving
Etter innføringa av eit strengt forvaltningsregime (Noreg-EU) i 1998 vart det god vekst i bestanden. Først i 2002 vart den estimerte gytebestanden (biomassen) klassifisert til å vere over føre-var-nivået. På grunn av låg middelvekt og sein modning av 2000-årsklassen, ventar ein at nedgangen i gytebestanden held fram i 2008. Vidare er det no seks svake årsklassar (2002-2006) på veg inn i bestanden. Dette er eit uvanleg fenomen, som krev særskild merksemd frå forvaltarane dei komande åra. Rekrutteringa er no mindre enn 50% av kva den har vore tidlegare og det krev tilsvarande reduksjon i uttaket. Førebels er ikkje kvoten redusert i same tempo som reduksjonen i gytebestanden. Vurderinga frå 2008 viser at det er svært sannsynleg at gytebestanden i 2008 vil kome langt under 1.300.000 tonn (Bpa). Dette er endå ikkje offisielt råd frå ICES, men signala er klåre og på line med det som har vore dei siste åra. Forvaltningsstrategien Noreg og EU er samde om seier at F for vaksen sild ikkje skal overstige 0,25. For ungsild skal F ikkje overstige 0,12. EU og Noreg har dei siste åra vedteke kvotar som ligger over råda frå ICES. For 2008 vart kvota sett til 201.277 tonn i det direkte fisket og EU sin bifangstkvote til 18.806 tonn. ICES tilrådde ein reduksjon i kvoten for 2008 på 50%. Forvaltningsplanen seier at kvoten skal reduserast med maksimalt 15% frå år til år. På grunn av den svake rekrutteringa vedtok Noreg og EU likevel ei kvote for 2008 som inneber ein reduksjon på 41%.
Tabell 4.8 Tilrådd TAC, avtalt TAC, fangst og gytebestand (1000 tonn) av Nordsjøsild sidan 1995
År | Råd frå ICES | Tilrådd TAC | Avtalt TAC* | Bifangst (EU) | Total fangst | Gyte- bestand |
---|---|---|---|---|---|---|
1995 | Langsiktig gevinst forventa med lågare F | 429 | 440 | 579 | 459 | |
1996 | 50% reduksjon av avtalt TAC | 156 | 156 | 44 | 275 | 460 |
1997 | F = 0,2 | 159 | 159 | 24 | 264 | 558 |
1998 | F(vaksen) = 0,2, F(ungfisk)< 0,1 | 254 | 254 | 22 | 392 | 734 |
1999 | F(vaksen) = 0,2, F(ungfisk)< 0,1 | 265 | 265 | 30 | 363 | 853 |
2000 | F(vaksen) = 0,2, F(ungfisk)< 0,1 | 265 | 265 | 36 | 388 | 855 |
2001 | F(vaksen) = 0,2, F(ungfisk)< 0,1 | Scenarier | 265 | 36 | 374 | 1290 |
2002 | F(vaksen) = 0,2, F(ungfisk)< 0,1 | Scenarier | 265 | 36 | 395 | 1567 |
2003 | F(vaksen) = 0,25, F(ungfisk)=0,12 | Scenarier | 400 | 52 | 482 | 1700 |
2004 | F(vaksen) = 0,25, F(ungfisk)=0,1 | Scenarier | 460 | 38 | 588 | 1760 |
2005 | F(vaksen) = 0,25, F(ungfisk)=0,1 | Scenarier | 535 | 50 | 664 | 1621 |
2006 | F(vaksen) = 0,25, F(ungfisk)=0,12 | Scenarier | 455 | 43 | 515 | 1252 |
2007 | Få gytebestanden tilbake til Bpa (1 300 t) innan 2008 | Scenarier | 341 | 32 | 406 | 977 |
2008 | F(vaksen) = 0,17, F(ungfisk)=0,08 (HCR) | Scenarier | 201 | 19 |
* : Kvote i direkte fiske (A-flåten)
4.2.7 Makrell
Den nordaustatlantiske makrellbestanden består av tre gytekomponentar: sørleg makrell, vestleg makrell og nordsjømakrell. Vestleg og sørleg makrell er på eit relativt høgt nivå, medan nordsjøkomponenten framleis er på eit lågt nivå. Bestandsmålingar vert utførte kvart tredje år, og i 2002 og 2005 vart det observert teikn til vekst i nordsjøbestanden for første gong på meir enn 25 år. Sidan 2001 har makrellfisket vore regulert i heile utbreiingsområdet.
Fisket
Fisket etter makrell føregår hovudsakleg i eit direkte fiskeri med snurpenot og trål. I Biscaya og utanfor Portugal vert makrellen stort sett teken som bifangst av trålarar. Det norske fisket føregår for det meste med snurpenot, men trål og tradisjonelle reiskapar som garn og snøre vert også brukt.
I byrjinga av 1990-åra auka dei internasjonale makrellfangstane frå ein stabil årsfangst på 600.000–650.000 tonn til over 800.000 tonn i 1993 og 1994. Dette førte til nedgang i bestanden, og fangstnivået måtte ned. Strenge reguleringar med lågare kvotar førte til at fangstane fall til høvesvis 563.000 og 573.000 tonn i 1996 og 1997 (figur 4.9). Dei viktigaste fangstområda er Nordsjøen (område IV), Norskehavet (område IIa) og vest av 4oV (områda VI og VII).
Tabell 4.9 Tilrådd TAC, avtalt TAC, fangst og gytebestand (1000 tonn) av nordaustatlantisk makrell sidan 1995
År | Råd frå ICES | Tilrådd TAC | Avtalt TAC | Fangst | Gytebestand |
---|---|---|---|---|---|
1995 | Råd gitt for kvar gytekomponent | 645 | 756 | 2402 | |
1996 | Betydeleg reduksjon av F | 452 | 564 | 2365 | |
1997 | Betydeleg reduksjon av F | 470 | 570 | 2425 | |
1998 | F = 0,15-0,2 (Noreg-EU- avtalen) | 498 | 549 | 667 | 2334 |
1999 | F = 0,15 | 437 | 562 | 616 | 2383 |
2000 | Fpa = 0,17 | 642 | 612 | 675 | 2175 |
2001 | Fpa = 0,17 | 665 | 670 | 687 | 2145 |
2002 | Fpa = 0,17 | 694 | 683 | 727 | 1731 |
2003 | Fpa = 0,17 | 542 | 593 | 617 | 1713 |
2004 | Fpa = 0,17 | 545 | 532 | 611 | 1884 |
2005 | F = 0,20 | 420 | 422 | 543 | 2352 |
2006 | F=0,20 | 487 | 444 | 429 | 2449 |
2007 | F=0,20 | 509 | 500 | estimert | 2231 |
2008 | F=0,20 | 456 | 456 | 499 |
4.2.8 Sei i Nordsjøen og vest av Skottland
I dei siste åra har landingane lege rundt 110.000 tonn, bortsett frå i 2000 og 2001, då landingane var rundt 95.000 tonn. (figur 4.10). Fangstane frå vest av Skottland har i dei seinare åra utgjort ca. 9 % av totalfangstane. Ein reknar med at landingane frå Nordsjøen for 2006 er 117.000 tonn, som er ca 6.000 tonn mindre enn avtalt TAC. På grunn av låge kvotar og utkastpåbodet i EU-sona var det i 2000 og 2001 eit omfattande utkast av sei. For 2000 reknar ein med at det var eit utkast på meir enn 20.000 tonn, og for 2001 på 15.000 tonn. Den norske delen av totalfangsten i denne perioden har vore over 48 %. Førebels oppgåver for 2007 tyder på at norsk fangst, inkludert bifangst til oppmaling, har vore ca. 49.000 tonn. Dette er om lag 12.000 tonn mindre enn kvoten på 61.685 tonn. Av det norske fisket er det trålarflåten som tek mesteparten (om lag 80 %). Notfisket inkluderer også ungsei nær kysten. Noreg disponerer 52 % av totalkvoten.
Tabell 4.10 Tilrådd TAC, avtalt TAC, fangst og gytebestand (1000 tonn) av sei i Nordsjøen sidan 1995.
År | Råd frå ICES | Tilrådd TAC | Avtalt TAC | Fangst | Gytebestand** |
---|---|---|---|---|---|
1995 | Ingen auke i F | 107 | 107 | 113 | 134 |
1996 | Ingen auke i F | 111 | 111 | 110 | 155 |
1997 | Ingen auke i F | 113 | 115 | 103 | 194 |
1998 | Reduser F med 20 % | 97 | 97 | 100 | 193 |
1999 | Reduser F til Fpa | 104 | 110 | 107 | 202 |
2000 | Reduser F med 30 % | 75 | 85 | 87 | 190 |
2001 | Reduser F med 20 % | 87 | 87 | 90 | 212 |
2002 | F < Fpa | 135 | 135 | 117 | 201 |
2003 | F < Fpa | <176 | 165 | 102 | 221 |
2004 | F < Fpa | <211* | 190 | 100 | 260 |
2005 | F < Fpa | <150* | 145 | 112 | 244 |
2006 | F<Fpa | <123,3* | 123,25 | 117 | 298 |
2007 | I henhold til forvaltningsplanen | <123.8* | 123,25 | 324 | |
2008 | I henhold til forvaltningsplanen | <137 | 136,5 |
*Forvaltninga av sei må sjåast i samanheng med tilstanden til bestanden av torsk.
**Gytebestanden er kombinert for Nordsjøen og vest av Skottland.
ACFM har tilrådd at forvaltningsplanen som EU og Norge er blitt enige om følges (F=0,30). Dette tilsvarar ein fangst i Nordsjøen på 136.500 tonn. Noreg og EU vart einige om ein totalkvote på 135.900 tonn for 2008. Av dette kan Noreg disponere 70.668 tonn, der alt kan fiskast i EU-sona (sjå tabell 4.10).
4.2.9 Torsk, hyse og kviting i Nordsjøen
I botntrål- og snurrevadfisket til konsum tek ein ei blanding av torsk, hyse og kviting. Industritrålfisket og bomtrålfisket etter flatfisk fører til ein auke i døyingstala, særleg for dei yngre årsklassane.
Torskelandingane har falle frå 300.000 tonn i 1981 til ca. 27.000 tonn i 2006 (figur 4.11). Imidlertid er det beregnet at totalfangst inkludert utkast og «svarte landinger» var ca. 44.000 tonn i 2007. Norsk fiske i 2006 var på 2.733 tonn, og landingane i 2007 ser ut til å verta omtrent 3.056 tonn. For Skagerrak, sjå kapittel 6.1.7.
Årsfangstane (inkludert utkast) av hyse låg på kring 200.000 tonn i åra 1980–1987 og fall gradvis til 92.700 tonn i 1990 (figur 4.11). I 2005 vart det fanga 58.000 tonn, der 9.500 tonn vart kasta ut, medan det i 2006 vart fanga 54.800 tonn, der ca 16.700 tonn vart kasta ut. Norsk fangst i 2006 var ca 2.000 tonn inkludert bifangst i industritrålfisket. Prognosen for 2007 er omlag 1.750 tonn, medan den norske kvoten er 12.060 tonn. Noreg disponerer 23 % av total TAC.
Utbytet av kviting har vore stabilt dei siste ti åra, men er monaleg lågare enn i perioden 1960–1980 (figur 4.11). Skottland tek om lag ein tredjedel av totalfangsten. Dei norske landingane er hovudsakleg bifangst i industritrålfisket. Noreg hadde ein kvote på 2.380 tonn i 2007. Førebels fangsttal indikerer at fangsten vil bli rundt 13 tonn. Noreg disponerer 10 % av total TAC.
Bestandsutrekningane er baserte på ein kombinasjon av fiskeriavhengige data og toktdata. Noreg medverkar med totalfangst og toktdata. Frå og med 1996 vart det laga ei sams utrekning for torskebestandane i Nordsjøen, Skagerrak og Kanalen, for hysebestandane i Nordsjøen og Skagerrak og for kvitingbestandane i Nordsjøen og Kanalen. Ein kan derfor ikkje samanlikne tala frå tidlegare år med noverande utrekningar. Bestandane i Nordsjøen er i alle høve svært store i høve til dei to andre områda, slik at alle utrekningar blir styrte av data frå Nordsjøen.
Gytebestanden av torsk vart redusert frå ca. 250.000 tonn i 1970 til langt under Blim, som er 70.000 tonn, i 2001. ICES var ikkje i stand til å rekne ut storleiken på bestanden fordi fangsttala for dei seinare åra er svært usikre, men alle metodar tilseier at gytebestanden framleis er godt under Blim. Grensa for god reproduksjonsevne (Bpa) er vurdert å vere 150.000 tonn. Dagens fiskemønster medfører høg døying på eitt- og toåringar, slik at berre ca. 15 % av eittåringane overlever til dei er tre år. 1996-årsklassen har vore sterk, men på grunn av stort fiskepress har den ikkje fått bygd opp att gytebestanden. Sidan 1997 har alle årsklassar vore svake eller middels, og årsklassane 1997, 2000, 2002 og 2006 er dei svakaste som er registrert. Det er derfor ikkje venta at gytebestanden vil auke over 150.000 tonn i nærmaste framtid, sjølv om fiskedøyingstala vert kraftig reduserte.
Til tross for stort fiskepress har hysebestanden produsert fleire gode årsklassar sidan 1990, der særleg 1999-årsklassen er svært sterk. Gytebestanden er i 2007 vurdert til å vere omlag 289.000 tonn, og såleis over Bpa på 140.000 tonn. Fiskepressnivået i 2006 ble vurdert til å væra 0.49 (39 %). Alle årsklassane etter 1999 bortsett frå 2005 er under middels, og årsklassane 2001–2004 og 2006 og 2007 ser ut til å vere svært svake, så dersom fiskepresset ikkje minkar, vil gytebestanden ganske snart hamne under Bpa.
Ein har ikkje nok informasjon om kvitingbestanden til å vurdere gytebestand og fiskedøying. Om lag alle analysar indikerer at bestanden er på eit svært lågt nivå.
ACFM tilrår at totalt uttak av torsk ikkje må overstige 22.000 tonn. Dette gjeld både fangst og utkast. Sidan ein fangar torsk i eit blandingsfiske, tilrår ICES at alle fiskeri der det fangast torsk blir regulert, slik at det blir minimale bifangstar av torsk. Vidare bør ein lage og setje i verk ein gjenreisingsplan for at gytebestanden av torsk kan vekse til over Bpa. Ein kan ikkje oppnå den naudsynte reduksjonen i fiskedøying berre ved å redusere TAC. Gjenreisingsplanen må innehalde tiltak for å hindre direkte fiske av torsk, redusere bifangst av torsk i fisket etter andre artar og hindre utkast og feilrapportering av torsk i alle fiskeri. Den vedtekne forvaltningsplanen for hyse (F=0,3) gir ein fangst på omlag 63.000 tonn, der 46.600 tonn av dette er konsumlanding og 15.600 tonn er utkast. For kviting bør fangsten ikkje være høgare enn gjennomsnittet for 2004-2006 på 5.000 tonn.
Noreg og EU har blitt einige om desse totalkvotane for 2008: 22.152 tonn torsk, 46.444 tonn hyse og 17.850 tonn kviting (sjå tabellane 4.11, 4.12 og 4.13). Noreg disponerer 3.766 tonn torsk, 10.682 tonn hyse og 1.785 tonn kviting. Alt kan fiskast i EU-sona.
Tabell 4.11 Tilrådd TAC, avtalt TAC, fangst og gytebestand (1000 tonn) av torsk i Nordsjøen sidan 1995.
År | Råd frå ICES | Tilrådd TAC | Avtalt TAC | Fangst | Gytebestand |
---|---|---|---|---|---|
1995 | Kraftig reduksjon i innsatsen | 120 | 234 | 73 | |
1996 | 80 % av F(94) = 0.7 | 141 | 130 | 204 | 77 |
1997 | 80 % av F(95) = 0.65 | 135 | 115 | 175 | 83 |
1998 | F(98) burde ikkje overstige F(96) | 153 | 140 | 185 | 72 |
1999 | F = 0.60 for å byggje opp att SSB | 125 | 132 | 439 | 59 |
2000 | F mindre enn 0.55 | < 79 | 81 | 95 | 45 |
2001 | Lågast mogleg fangst | 0 | 48,6 | 76,9 | 33 |
2002 | Lågast mogleg fangst | 0 | 49,3 | 82,2 | 39 |
2003 | Ikkje fiske | 0 | 27,3 | 77,3 | 43 |
2004 | Ikkje fiske | 0 | 27,3 | 54,4 | Under Blim |
2005 | Ikkje fiske | 0 | 27,3 | 54,7 | Under Blim |
2006 | Ikkje fiske | 0 | 23,205 | 52,5 | Under Blim |
2007 | Ikkje fiske | 0 | 19,957 | 43,9 | Under Blim |
2008 | Ikkje fiske | 0 | 22,152 |
Tabell 4.12 Tilrådd TAC, avtalt TAC, fangst og gytebestand (1000 tonn) av hyse i Nordsjøen sidan 1995.
År | Råd frå ICES | Tilrådd TAC | Avtalt TAC | Fangst m/utkast | Gytebestand |
---|---|---|---|---|---|
1995 | Kraftig reduksjon i innsats; blanda fiskeri | 120 | 140 | 147 | |
1996 | Må ta omsyn til blanda fiskeri | 120 | 154 | 176 | |
1997 | Må ta omsyn til blanda fiskeri | 114 | 138 | 190 | |
1998 | Ingen auke i F | 100,3 | 115 | 128 | 160 |
1999 | Reduser F(95–97) med 10 % | 72 | 88,6 | 111 | 112 |
2000 | F mindre enn Fpa | < 51,7 | 73 | 100 | 88 |
2001 | F mindre enn Fpa | < 58 | 61 | 165 | 241 |
2002 | F mindre enn Fpa | < 94 | 104 | 101 | 399 |
2003 | Ingen fangst av torsk | 0 torsk | 52 | 76 | 250-380 |
2004 | Ingen fangst av torsk | 0 torsk | 85 | 65 | 289 |
2005 | Ingen fangst av torsk | 0 torsk | 66 | 57 | 302 |
2006 | Ingen fangst av torsk | F<0.3 | 51,85 | 55 | 238 |
2007 | Ingen fangst av torsk | F<0.3 | 54,64 | 289 | |
2008 | Ingen fangst av torsk | F<0.3 | 49,3 |
Tabell 4.13 Tilrådd TAC, avtalt TAC, fangst og gytebestand (1000 tonn) av kviting i Nordsjøen sidan 1995.
År | Råd frå ICES | Tilrådd TAC | Avtalt TAC | Fangst m/utkast | Gyte- bestand |
---|---|---|---|---|---|
1995 | Kraftig reduksjon i innsats; blanda fiskeri | 81 | 98 | 249 | |
1996 | Blanda fiskeri; ta omsyn til rådet for torsk | 67 | 69 | 222 | |
1997 | Blanda fiskeri; ta omsyn til rådet for torsk | 74 | 54 | 194 | |
1998 | Ingen auke frå 1996-nivået | 54 | 60 | 40 | 163 |
1999 | Minst 20 % reduksjon av F(95–97) | 40,4 | 44 | 55 | 162 |
2000 | Lågast mogleg fangst | 0 | 30 | 55 | 200 |
2001 | 60 % reduksjon av F(97–99) | 19,4 | 30 | 43 | 218 |
2002 | F ikkje større enn 0.37 | <33 | 32 | 40 | 210 |
2003 | Ingen fangst av torsk | 0 torsk | 16 | 38 | |
2004 | Ingen fangst av torsk | 0 torsk | 16 | 25 | |
2005 | Ingen fangst av torsk | 0 torsk | 28,5 | 22 | |
2006 | Ingen fangst av torsk | <snitt 2002-2004= 17,3 | 23,8 | 29 | |
2007 | Ingen fangst av torsk | <snitt 2003-2005= 15,1 | 23,8 | ||
2008 | Ingen fangst av torsk | <snitt 2004-2006= 5 | 17,9 |
4.2.10 Kolmule
Kolmulebestanden i det nordaustlege Atlanterhavet består truleg av to hovudkomponentar: ein nordleg som har si utbreiing i Norskehavet og sørover til sørvest av Irland, og ein sørleg som held til i Biscaya og vidare sørover mot Gibraltar og Nord-Afrika. Det er uklårt kor mykje desse komponentane blandar seg under gyting og beiting, derfor vert all kolmule sett på som ein felles bestand i bestandsutrekningane og rådgivinga i ICES. Hovudfisket føregår om våren på gytefelta langs eggakanten vest av Dei britiske øyane og ved Færøyane. Noreg opererer her med ringnotsnurparar utstyrte for flytetråling. Fangst av kolmule har òg føregått på beiteområda i Norskehavet om sommaren, også då med flytetrål. Elles tek industritrålflåten kolmulen gjennom heile året i Norskerenna.
Internasjonal fangststatistikk frå 2007 er enno ikkje ferdig, men det er ventar at totalfangsten er om lag 25 % lågare enn i rekordåret 2004: rundt 1,8 millionar tonn (figur 4.12). Året 2007 var dermed det tiande i rekkja med fangstar på over ein million tonn. Høg utnyttingsgrad har vore mogleg fordi alle årsklassene 1995–2004 har vore mykje større enn vanleg.
Den norske flåten fiska om lag 539.000 tonn kolmule i 2007. Kolmuletrålarane tok den største delen av fangsten: 78%, resten vart fiska av industritrålarane i Nordsjøen og langs kysten nordover. Noregs del av totalfangsten i 2007 var om lag 30 %, det vil seie litt lågare enn gjennomsnittsandelen (40 %) frå 1978 til i dag.
Etter ein svært langvarig forhandlingsprosess vart kysstatane (Noreg, EU, Færøyane og Island) den 16. desember 2005 samde om forvaltning og fordeling av kolmule frå 2006 og framover. Dette gav ein totalkvote på 2,0 millionar tonn i 2006. Målet er at gytebestanden skal vere større enn føre-var-grensa (2,25 mill. tonn) og at fiskedødsraten skal verte mindre enn føre-var-grensa (0,32). Inntil desse måla er nådde, skal totalkvoten reduserast med minst 100.000 tonn kvart år.
Tilrådinga frå ACFM for 2008 var eit samla uttak på maksimalt 835.000 tonn, slik at fiskedødsraten ikkje overstig føre-var-grensa (Fpa = 0,32). Totalkvoten i 2008 er større enn tilrådinga, og venteleg kjem fiskedødsraten over grenseverdien. Berre god rekruttering kan halde oppe bestanden og fisket. Slik det ser ut no er årsklassene 2005 og 2006 svake. Det er uråd å unngå sterk nedgang i bestanden dersom rekrutteringa ikkje vert høgare og uttaket held fram med å overstige tilrådingane frå ICES.
Fotnotar
pa = «precautionary approach» = «føre-var»