1 Europarådet i eit Europa i endring
Etter omveltingane i Europa ved slutten på den kalde krigen har Europarådet stått sentralt i arbeidet med å byggje ned dei politiske skilja og gjere heile det europeiske kontinentet til eit område der dei tradisjonelle europeiske grunnverdiane innan menneskerettar, demokrati og rettsstatprinsipp blir respekterte. I denne perioden er talet på medlemsland meir enn dobla. Serbia og Montenegro ventar å bli teken opp som nytt medlem i løpet av 2003. Deretter vil det berre vere Monaco og Kviterussland som står utanfor, sistnemnde fordi landet førebels ikkje fyller vilkåra for medlemskap. Utviklinga av Europarådet til ein alleuropeisk organisasjon basert på felles verdiar er såleis nesten fullført.
Samtidig vil organisasjonen møte nye utfordringar når EU frå 2004 vert utvida med ti nye medlemsland. Eit tjuetals europeiske land kjem likevel ikkje til å vere EU-medlemmer så langt fram som vi kan sjå i dag, og Europarådet vil stå sentralt i arbeidet med å unngå at det vert skapt nye skiljeliner i Europa. Den ustabile situasjonen på Balkan og i fleire av landa og områda i det tidlegare Sovjetunionen (Moldova, Armenia, Aserbajdsjan, Georgia og den russiske delrepublikken Tsjetsjenia) illustrerer at dei utfordringane som låg til grunn for opprettinga av Europarådet, framleis er høgst aktuelle. Mange av desse landa vart tekne opp som medlemmer i organisasjonen av politiske grunnar, utan at dei formelle krava til medlemskap var oppfylte. Dei treng framleis hjelp og oppfølging for å bli i stand til å oppfylle dei pliktene dei har teke på seg som medlemmer. Dette er ei stor utfordring for organisasjonen. Det vil difor vere ei prioritert oppgåve dei næraste åra å konsolidere organisasjonen si rolle når det gjeld menneskerettar, demokratisering og rettsstatsutvikling, ikkje minst i desse landa.
Den føreståande EU-utvidinga vil stille store krav til rollefordelinga mellom det utvida EU og Europarådet. Det er viktig å unngå to konkurrerande menneskerettsstandardar i Europa. EU har eit eige charter for grunnleggjande rettar. EU-konventet, som er i ferd med å greie ut den konstitusjonelle framtida til EU, vurderer status for charteret og tilhøvet mellom dette og Den europeiske menneskerettskonvensjonen (EMK), som er grunnlaget for Den europeiske menneskerettsdomstolen. Eit tiltak for å unngå ei todeling av standardane i Europa vil kunne vere at EU sluttar seg til EMK. Konventet vurderer ei slik løysing. Den europeiske menneskerettsdomstolen er sjølve berebjelken i forvaltninga av menneskerettane i Europa. Difor vil dette spørsmålet stå sentralt i vurderinga av den framtidige rolla til Europarådet i høve til EU.
Europarådet opplever i dag aukande avstand mellom krava som vert stilte til organisasjonen og ressursane som medlemslanda stiller til rådvelde. Dette gjeld særleg for Den europeiske menneskerettsdomstolen (EMD), sjølve berebjelken i Europarådets apparat til vern om menneskerettar, demokratibygging og rettsstatsutvikling. Domstolen greier i dag berre å behandle ein tredel av sakene som kjem inn. Bunken av ubehandla saker berre veks, noko som truar heile institusjonen. Effektive tiltak må setjast i verk. Ei betring i menneskerettssituasjonen i landa kan gjere sitt til at brot på konvensjonen ikkje oppstår eller at dei blir retta opp på nasjonalt plan, noko som vil gje domstolen færre saker å arbeide med. Europarådet sitt arbeid med opplæringsprogram og annan bistand til dei nye medlemslanda må styrkjast. Utviklinga det siste året har likevel stadfest at det kan bli nødvendig å endre sjølve konvensjonen for å sikre at domstolen kan fungere. Desse endringane kan komme til å innebere ei svekking av den individuelle klageretten. I tillegg må ein sjå på korleis domstolen kan effektivisere saksbehandlinga, og statane må sjølve syte for ei effektiv gjennomføring av dommane.
I nittiåra vart det halde to toppmøte mellom stats- og regjeringssjefane i Europarådet, i Wien i 1993 og i Strasbourg i 1997. Førebuingane til eit tredje toppmøte er i gang, og hovudtemaet her vil truleg vere Europarådet sin plass i det nye Europa. Tid og stad for dette møtet er enno ikkje fastsett, men både Polen og Romania har bydd seg til å vere vertskap. Sidan Noreg skal ha formannskapen i ministerkomitéen i 2004, vil Noreg komme til å spele ei sentral rolle i førebuingane til eit slikt møte.
For Noreg som eit land utanfor EU blir det viktig å sikre Europarådet sin plass i den samla europeiske arkitekturen. Såleis vil det vere å føretrekkje at EU knyter seg til det rammeverket som alt finst i Europarådet. Dette er viktig, ikkje berre for Noreg, men òg for dei ressurssvake landa i Europarådet. Desse må vente lenge før dei kan bli EU-medlemmer, samtidig som dei meir enn nokon treng eit rammeverk for menneskerettar og demokratisering. Europarådet vil i mange år framover vere bindeleddet mellom medlemsland og ikkje-medlemsland i EU.
Europarådets eineståande faglege kompetanse og rolle i det langsiktige arbeidet med å utvikle og forvalte eit rettsleg bindande avtaleverk på dei arbeidsområda organisasjonen dekkjer, er den viktigaste fordelen Europarådet har framfor andre internasjonale organisasjonar. Det vil vere i norsk interesse at Europarådet og OSSE samarbeider i størst mogeleg grad. Begge organisasjonane arbeider med demokratibygging og rettsstatsutvikling, og verksemda er i enkelte tilfelle overlappande. OSSE har eit relativt lite sekretariat og er alltid avhengig av ein aktiv formannskap. Organisasjonen har sin styrke i operativt feltnærvær. Europarådet har på si side eit stort og fagleg svært kompetent sekretariat som tek seg av forvaltninga av dei meir enn 180 avtalane som gjeld på arbeidsområda til organisasjonen. Europarådet har sin styrke i rolla som garantist for eit felles rettsleg grunnlag på desse områda og som forvaltar av kontroll- og oppfølgingsfunksjonane. Her ligg grunnlaget for vidare samarbeid og dialog mellom Europarådet og dei andre europeiske organisasjonane i åra framover.
Noreg går ei utfordrande tid i møte i europarådssamanheng. Frå november 2002 til november 2005 er Noreg med i Byrået, gruppa av seks land som leier Europarådet. Når vi i mai 2004 tek over formannskapen i ministerkomitéen for eit halvt år, skjer dette i ei tid med store forandringar i europeiske samarbeidsstrukturar og interne utfordringar i Europarådet. Noreg har starta førebuingane til formannskapen. Europarådet si rolle som samlingsstad og arena for samarbeid mellom alle land i Europa vil vere hovudperspektivet for Noreg i arbeidet med formannskapen. Saman med ungdomsrelaterte tema vil tilhøvet til andre internasjonale organisasjonar og arbeid med problema ved Den europeiske menneskerettsdomstolen vere prioriterte saksområde frå norsk side. I 2003 vil vi arbeide vidare med førebuingane til formannskapen, også i samarbeid med føregåande og etterfølgjande formannskapsland, høvesvis Nederland og Polen.