1 Det mellomstatlege arbeidet
1.1 Menneskerettar og likestilling
1.1.1 Menneskerettar
Det mellomstatlege arbeidet på menneskerettsområdet går hovudsakleg føre seg i styringskomitéen for menneskerettar (CDDH) med undergrupper.
Styringskomitéen har i 2002 i stor grad vore prega av den vanskelege situasjonen til Den europeiske menneskerettsdomstolen, som har opplevd sterk auke i talet på klager og har aukande restansar. Mykje av aktiviteten i styringsgruppa og undergruppene har vore knytt til å utarbeide forslag til tiltak som kan betre arbeidssituasjon for domstolen. Forslaga er knytte til tiltak
på nasjonalt nivå for å hindre at det oppstår konvensjonsbrot og for å syte for at det ligg føre effektive rettsmiddel som kan avklare om det har skjedd brot og eventuelt rette opp desse,
på domstolsnivå for å syte for ei meir effektiv saksbehandling og eventuelt for å avgrense tilgangen til full prøving av alle saker,
til ei effektiv gjennomføring av avgjerder i domstolen, særleg for å hindre at det oppstår liknande saker i framtida.
Arbeidet i CDDH har i 2002 òg vore prega av Europarådet sitt arbeid mot terrorisme. CDDH har særleg fokusert på forholdet mellom terrorhandlingar og menneskerettar, og har utarbeidd og vedteke retningsliner for behandlinga av dette spørsmålet. Retningslinene slår fast at statane har ei menneskerettsleg plikt til å søkje å motarbeide og hindre terrorhandlingar, men at Den europeiske menneskerettskonvensjonen òg set visse grenser for kva tiltak og metodar som kan nyttast.
Eit anna viktig punkt for CDDH i 2002 har vore forholdet til EU og om EU skulle tiltre Den europeiske menneskerettskonvensjonen. Ei undergruppe under CDDH har vurdert kva endringar som må til for at EU kan tiltre konvensjonen.
I januar 2002 vedtok ministerkomitéen ein rekommandasjon om innsyn i offentlege dokument som var utarbeidd av ei undergruppe under CDDH. I 2002 har denne gruppa fokusert på implementeringa av rekommandasjonen, og har mellom anna halde eit seminar om spørsmålet.
1.1.2 Likestilling 1
Styringskomitéen for likestilling (CDEG) har som ei sentral oppgåve å integrere likestilling i resten av verksemda til Europarådet. Europarådet har lege i framkant internasjonalt med sitt arbeid for å utvikle metodar for å integrere likestilling på alle fagområde, og har mellom anna utarbeidd sentrale dokument om korleis dette arbeidet best kan utviklast metodisk.
Eit sentralt emne for komitéen har vore arbeidet for å hindre vald mot kvinner og alle former for seksuell utnytting. Komitéen har utarbeidd eit forslag til rekommandasjon om arbeidet med vald mot kvinner.
Makedonia var vertskap for eit ministermøte 22.-23. januar 2003. Konferansen skulle etter planen vore halden i Skopje 20.-21. juni 2002, men vart då avlyst. Temaet var «Democratisation, conflict prevention and peace building: the perspectives and roles of women». Ministrane vedtok ein resolusjon MEG-5 (2003) 4 om styrking av kvinner si rolle i fredsbyggjande arbeid. Dei vedtok òg ei erklæring som slo fast at fokus for Europarådets vidare arbeid på likestillingsområdet skal vere:
å fremje like utsikter og rettar for kvinner og menn,
å hindre vald mot og handel med kvinner,
å vidareutvikle det metodiske arbeidet med å integrere likestilling i verksemda til Europarådet og medlemslanda.
Noreg sit i byrået for styringskomitéen ut 2004.
1.2 Juridisk samarbeid
1.2.1 Sivilrettsleg samarbeid
Styringsgruppa for sivilrettsleg samarbeid (CDCJ) dekkjer eit variert spekter av arbeidsområde. Hovudvekta ligg på rettspleie med informasjonsteknologi (CJ-EJ og CJ-IT), forvaltningsrett (CJ-DA), statsborgarskap (CJ-NA), personvern (CJ-PD) og familierett (CJ-FA), med særskilde ekspertgrupper på desse områda. Noreg har i 2002 møtt i styringskomitéen og vore representert i byrået for denne, og likeins i alle ekspertgruppene.
Arbeidet i CDCJ i 2002 har vore prega av ein overgang frå to til eitt møte i året (27.-31. mai) som følgje av den vanskelege budsjettsituasjonen i Europarådet. Vidare er ekspertkomiteane for effektivitet i rettspleia (CJ-EJ) og for informasjonsteknologi og jus (CJ-IT) oppløyste. Oppgåvene på desse områda vil i framtida liggje til den europeiske kommisjonen for effektivitet i rettspleia (CEPEJ), som har tredd i funksjon i 2003 og høyrer inn under ministerkomitéen. Overgangen til eitt årleg møte har skapt behov for eit nytt opplegg for arbeidsordninga i CDCJ, og vil stille større krav til medlemsstatane sine delegasjonar til CDCJ om å gje til kjenne sine synspunkt på og innvendingar mot framlagde forslag før dei blir tekne opp til behandling i styringskomitéen.
Det er vedteke ein rekommandasjon om mekling i sivile rettssaker og ein handlingsplan om rettshjelpsordningar.
Det er ei viktig oppgåve for Europarådet å medverke til ei effektiv og rettssikker rettspleie, med særleg vekt på rettspleia i dei sentral- og austeuropeiske landa. Det vil framleis høyre inn under CDCJ å førebu nye europarådsinstrument (konvensjonar og rekommandasjonar) om rettspleie. Det konsultative rådet av europeiske dommarar (CCJE) er eit sjølvstendig forum i regi av Europarådet der europeiske dommarar utvekslar erfaringar med sikte på å styrkje rettspleia i medlemsstatane.
Europarådet har gjennom meir enn 50 år vedteke ei lang rekkje konvensjonar, mange av dei på sivilrettens område. Til ein viss grad blir dei behova desse konvensjonane skulle dekkje, no varetekne av EU-regelverket og ulike andre instrument. Omfanget av konvensjonsverket og det faktum at det ikkje alltid er oppdatert, gjer det vanskeleg å halde oversikt. I lys av regjeringa sitt arbeid for regelforenkling i norsk rett har Noreg difor teke opp spørsmålet om kor vidt ein bør gå gjennom konvensjonsverket innanfor ansvarsområdet til CDCJ med sikte på ei forenkling.
1.2.2 Strafferettsleg samarbeid
Styringskomitéen for strafferettslege spørsmål, kriminologi og fengselssaker (CDPC) heldt sitt årlege møte 17.-21. juni 2002. Styringskomitéen behandla mellom anna rapporten frå ei refleksjonsgruppe som har sett på det internasjonale samarbeidet på strafferettsområdet (PC-S-NS). Gruppa hadde som mandat å vurdere utviklinga av samarbeid på strafferettens område i høve til Europarådets framtidige rolle på området, innhaldet og måla for det europeiske samarbeidet, forholdet mellom ulike internasjonale forum på området og organiseringa av samarbeidet i Europa.
Noreg har i 2002 delteke i følgjande ekspertkomitear under CDPC: Ei multidisiplinær arbeidsgruppe mot terrorisme (GMT), ein ekspertkomité for ein tilleggsprotokoll til konvensjonen om IKT-kriminalitet og rasistiske og framandfiendtlege ytringar i datanettverk (PC-RX), ein ekspertkomité som overvakar gjennomføringa og praktiseringa av konvensjonar utarbeidde i regi av styringskomitéen (PC-OC), ein ekspertkomité som skal utarbeide retningsliner for handtering av barne- og ungdomskriminalitet (PC-JU), ein ekspertkomité som skal sjå på retningsliner for samarbeid mellom lokalsamfunnet og politiet (PC-PA) og ein ekspertkomité for vern av born mot seksuell utnytting (PC-S-ES).
Ministerkomitéen vedtok 7. november 2002 ein tilleggsprotokoll til Europarådets konvensjon om datakriminalitet som gjeld kriminalisering av rasistiske og framandfiendtlege handlingar via datasystem.
Noreg deltek i den fleirfaglege gruppa for internasjonale tiltak mot terrorisme (GMT), som vart etablert i 2001. Gruppa skal mellom anna evaluere gjeldande europarådsinstrument som kan brukast i kampen mot terrorisme. Dette skjer òg i samarbeid med PC-OC. Under CDCJ vart det i 2002 oppretta ei avgrensa ekspertgruppe for identitet og terrorisme som særleg skal avdekkje om det ligg føre rettslege eller praktiske problem knytte til identitetsdokument.
1.2.3 Folkerett 2
Europarådets adhockomité for rådgjevarar i folkerett (CAHDI), som er eit forum for meiningsutveksling om aktuelle folkerettslege emne, møtest to gonger i året. Komitéen utarbeider ikkje utkast til konvensjonar, men har dei siste åra utvida arbeidsfeltet sitt ved å leggje fram visse skriftlege arbeid i samarbeid med andre. I tillegg evaluerer CAHDI konvensjonar innanfor sitt ansvarsområde.
Krigsforbrytardomstolane for Rwanda og det tidlegare Jugoslavia og opprettinga av Den internasjonale straffedomstolen har vore gjennomgangstema. Det same gjeld diskusjonane om pågåande prosessar innanfor internasjonal humanitærrett.
CAHDI arbeider med mange emne som vert behandla av FNs folkerettskommisjon (ILC), og vidareutvikla i 2002 dialogen med ILC i spørsmål som til dømes juridisk immunitet for statar og deira eigedom, mellom anna i lys av Europarådets pilotprosjekt om statsimmunitet. Vidare har CAHDI gått gjennom hovudpunkt i rapporten frå den 54. ILC-sesjonen i 2002.
CAHDI tok i 1998 på seg ei observatørrolle for reservasjonar til multilaterale konvensjonar, også reservasjonar til terrorisme-konvensjonar. Dette emnet er blitt eit fast dagsordenpunkt.
CAHDI tek vidare føre seg Europarådets arbeid i kampen mot terrorisme og vern om den undersjøiske kulturarven.
Noreg legg stor vekt på arbeidet i CAHDI. Utviklinga i retning av å utvide verkeområdet til komitéen, mellom anna med omsyn til meir substansielle drøftingar, har vår fulle støtte. Den aukande dialogen med FNs folkerettskommisjon er positiv.
1.3 Sosiale spørsmål
1.3.1 Sosialt samhøyr og sosialpolitikk
Den europeiske komitéen for sosialt samhøyr (CDCS) har sosialpolitikk i vid forstand som sitt arbeidsområde. Komitéen koordinerer arbeidet i ei rekkje grupper og komitear som arbeider med spørsmål knytte til trygd, eldre, omsorgstrengande, sosiale tenester, born og familiar, sysselsetjing og bustad.
Noreg ønskjer å støtte Europarådets eldrepolitiske engasjement, og har ytt delfinansiering til det multilaterale europarådsseminaret i Budapest om respekt og omsorg for eldre. Noreg deltok med ekspertar som presenterte demens og diagnostiseringsmetodar, tilrettelegging av tenester for personar med demens, rådgjeving for pårørande og opplæring av personell. Seminaret var ei oppfølging av europarådsrapporten «Improving the Quality of Life of Elderly Persons in Situations of Dependency» (CS-QV) og FNs «Madrid International Plan of Action on Ageing 2002.»
Ekspertkomitéen for koordineringsinstrument på trygdeområdet (CS-CR) skal vurdere tolkingsspørsmål og andre spørsmål av administrativ art i høve til Europarådet sine koordineringsinstrument på trygdeområdet (trygdekonvensjonen, dei to mellombels trygdeavtalane og forsorgs- og sjukehjelpskonvensjonen).Vidare skal komitéen på ulike måtar fremje arbeidet med ratifikasjon av desse koordineringsinstrumenta. CS-CR er mellom anna engasjert i promosjonen av Europarådets koordineringsinstrument innanfor ramma av ADACS (stabiliseringstiltaka for CES) og dei pågåande samsvarsundersøkingane («compatibility studies») i regi av Europarådet. Dette omfattar mellom anna utarbeiding av handbøker («explanatory reports») til instrumenta som er nemnde ovanfor, som vil gjere det enklare for statar som vurderer ratifikasjon å setje seg inn i krava avtalen stiller.
Europarådets 8. konferanse for ministrar med ansvar for trygd vart halden i Bratislava 22. og 23. mai 2002. Temaet var kva konsekvensar arbeidsmigrasjon har for nasjonale trygdesystem. Det vidare oppfølgingsansvaret er forankra i CS-CR.
Noreg ønskjer å styrkje menneskerettane for personar med funksjonshemmingar gjennom si deltaking i Europarådet, og arbeider for at politikk for funksjonshemma skal integrerast i alle relevante komitéar i Europarådet. Arbeidet er knytt til komitéen for rehabilitering av funksjonshemma (CD-P-RR). Noreg har delteke i ei ekspertgruppe som har levert framlegg til tiltak for funksjonshemma med omfattande hjelpebehov (P-RR-COLI). Sluttrapporten er bidrag til ministerkonferansen i Spania 2003 og har tittelen «Borgere, ikke pasienter: Utvikling av nye tilnærminger for å møte funksjonshemmedes behov».
Den andre europeiske konferansen for ministrar med ansvar for politikk for funksjonshemma vil bli arrangert i Malaga, Spania 7.-8. mai 2003. Tittelen er «Improving the quality of life of people with disabilities: enhancing a coherent policy for and through full participation». Noreg har delteke i arbeidet i planleggingskomitéen, Committee of Senior Officials entrusted with preparations for the Second European Conference of Ministers responsible for integration policies for people with disabilities (CONFMIN-IPH-HF).
1.3.2 Tilgang til sosiale rettar
Ekspertkomitéen for standardsetjingsinstrument på trygdeområdet (CS-CO) skal overvake og gjennomgå medlemslanda si rapportering etter Europarådets standardsetjingsinstrument på trygdeområdet, spesielt den europeiske trygdekodeksen med protokoll. Komitéen skal her mellom anna gjennomgå merknadene og konklusjonane frå ILOs ekspertkomité til rapportane frå dei einskilde medlemslanda, og dessutan på ulike måtar fremje arbeidet med ratifikasjon av trygdekodeksen, protokollen til denne og den reviderte trygdekodeksen. Komitéen skal observere felles europeiske trendar og utviklingstrekk på trygdeområdet og utarbeide ei informasjonsoversikt om aktuelle spørsmål og god administrativ praksis til bruk for CDCS. Det vert i denne samanhengen fokusert på den framtidige bereevna til trygdeordningane, og særleg på spørsmål som gjeld universell trygdedekning, privatisering og implikasjonane for alderspensjonar, likestilling og tiltak overfor pleietrengande eldre.
Som eit ledd i dialogen med overvakingsorgana for Den europeiske sosialpakta vedtok komitéen på møtet eit memorandum om forståinga av trygdeføresegnene i artikkel 12 i sosialpakta, som det vart vedteke å sende over til den europeiske komitéen for sosiale rettar (ECSR) og komitéen av regjeringsrepresentantar (CGR).
1.3.3 Europarådets helsekomité (CDSP)
Deltakarar frå Noreg har vore seniorrådgjevar dr.med. Jens R. Eskerud frå Helsedepartementet og seniorrådgjevar dr. Per Wium frå Sosial- og helsedirektoratet. Helsekomitéen har sitt fokus på menneskerettar og etiske spørsmål i helsetenesta.
Det er eit godt samarbeid mellom dei nordiske landa i komitéen, mellom anna ved at det jamleg vert halde nordiske formøte. Finland har representert Norden i arbeidsutvalet (Bureau), og har med norsk støtte ivra for å endre sosialpakta med meir omfattande føresegner på området førebyggjande helsearbeid. Samarbeidet mellom EU, WHO og Europarådet på helseområdet er prega av aukande forståing for at dobbelarbeid må unngåast, ikkje minst når det gjeld kvalitetssikring av blodprodukt og legemiddelbruk.
Sekretariatet for helsekomitéen vart endra i 2002 gjennom samanslåing med sekretariatet for delavtalen (CD-P-SP). Styringsgruppa for delavtalen har med norsk tilslutnad teke initiativ til ein prosess med sikte på ei betre integrering av arbeidet i dei to komitéane. Det er mange grunnar til å vurdere om det er tenleg å ha ein avtale for helsekomitéen og ein eigen delavtale i tillegg, der ikkje alle medlemslanda er med.
Av viktige saker når det gjeld individet og helsetenesta, er helsekomitéen ferdig med ein rekommandasjon om lindrande behandling for alvorlig sjuke og døyande. Arbeidet med revisjon av artikkel 11 i sosialpakta om helsetenesta er så vidt i gang, men er komme kortare enn tenkt. Helsekomitéen har hatt to ekspertgrupper om høvesvis media og helse og om pasienten og bruk av Internett. I den siste har Deede Gammon, Telemedisinsk senter, Tromsø, gjort ein stor innsats. Elles er det europeiske nettverket for helsefremjande tiltak og opplysning eit godt eksempel på samarbeid mellom EU, WHO og Europarådet. Programmet har 10-årsjubileum og har auka frå fire medlemsland første året til 41 land no. Programmet (ENHPS) gjennomgår no ein omfattande revisjon for å kunne bli meir aktivt i dei austlege medlemslanda.
Helsekomitéen har lang tradisjon i å utarbeide europeiske retningsliner for kvaliteten på blodprodukt og organiseringa av blodbanktenesta. Det vert no lagt særleg vekt på å få med dei nye medlemslanda aust i Europa. Noreg tek aktivt del i dette arbeidet ved professor B.G. Solheim frå Rikshospitalet og overlege H.E. Heier frå Ullevål sykehus. Ei rettleiing i kvalitet på blodprodukt vert oppdatert årleg for å sikre kvaliteten på overføringar over heile Europa. Helsekomitéen har ein tilsvarande ekspertkomité for kvalitet på organtransplantasjonar, og ein ekspertkomité som arbeider med organiseringa av denne tenesta. Sjeflege A. Jacobsen, Rikshospitalet, deltek i sistnemnde komité. Ei anna ekspertgruppe med medlemmer frå både helsekomitéen og bioetikk-komitéen (CDBI), der mellom anna avdelingsveterinær Dag Sørensen (Rikshospitalet) har medverka, har lagt fram eit felles forslag til rekommandasjon på området xenotransplantasjon (transplantasjon av dyreorgan). Ministerkomitéen har førebels ikkje godkjent forslaget og har bede om ei vurdering av menneskerettar og sosiale aspekt før eventuell endeleg godkjenning.
Helsekomitéen har vedteke å opprette fire nye ekspertgrupper på følgjande område: helsetenester i eit multikulturelt samfunn, tryggleik og kvalitet i helsetenesta - pasientklager og førebygging av avvik, sjukehus i endring - ny vekt på primærhelsetenesta i forhold til spesialisttenester, større internasjonal mobilitet blant helsepersonell - korleis påverkar dette helsetenestene? Noreg har fått med ein ekspert i den sistnemnde gruppa: rådgjevar Hildegunn Rafdal frå Helsedepartementet.
12. og 13. juni 2003 skal Noreg vere vertsland for den 7. helseministerkonferansen i Europarådet. Tittelen er «Health, dignity and human rights», og konferansen skal haldast i Oslo. Planleggingsarbeidet frå norsk side vert leidd av dei faste representantane i CDSP.
Den europeiske farmakopékommisjonen har utarbeidinga av Den europeiske farmakopéen (Ph. Eur.) som ansvarsområde. Denne inneheld bindande, felles standardar for legemiddelkvalitet og medverkar til fri flyt av legemiddel i Europa, forenklar arbeidet og sparer ressursar for styresmakter og produsentar. Noreg deltok i tolv faste og fire adhoc-ekspertgrupper under denne kommisjonen. Kontroll med forureiningar i stoff til farmasøytisk bruk har i tillegg vore eit sentralt tema. Arbeidet med internasjonal harmonisering av europeiske, amerikanske og japanske kvalitetsstandardar er ført eit godt stykke framover.
Ekspertkomitéen for farmasøytiske spørsmål (PS-S-PH) har som sentrale oppgåver informasjonsutveksling og harmonisering av regelverksutforming, særleg for dei områda som ikkje er regulerte i EU/EØS-avtalen, og spesielt apotekfarmasi. Legemiddelforsyning i sjukehus, generiske legemiddel, sal av legemiddel over Internett og feilbruk av legemiddel har vore på agendaen. Det er òg halde ein eigen konferanse om temaet feilbruk av legemiddel.
1.3.4 Kampen mot narkotikamisbruk
Pompidougruppa er Europarådets samarbeidsgruppe for narkotikaspørsmål på ministernivå. Gruppa har til formål å medverke til kampen mot narkotikaproblema med vekt på reduksjon av både tilbod og etterspørsel av narkotika. Det vert samarbeidd nært med andre regionale og internasjonale organisasjonar på narkotikaområdet. Det er planlagt ministermøte i Dublin 16.-17. oktober 2003. Ministrane skal vedta nytt arbeidsprogram for perioden 2004-2006.
Noreg ser på Pompidougruppa som eit viktig forum for informasjonsutveksling og tiltaksutvikling. Eit aktuelt spørsmål er om gruppa skal oppretthaldast også etter den kommande EU-utvidinga.
1.3.5 Europarådets bioetikk-komité (CDBI)
I Europarådet blir bioetiske spørsmål i hovudsak behandla i CDBI. Denne styringskomitéen behandlar særleg ulike emne knytte til konvensjonen om menneskerettar og biomedisin og protokollar og rekommandasjonar til denne konvensjonen. Konvensjonen vart opna for underteikning i 1997 og er no underteikna av 31 land, deriblant Noreg.
I 2002 har mykje av verksemda i CDBI vore konsentrert om utkast til rekommandasjon om xenotransplantasjonar. Arbeidet med utkastet er eit samarbeidsprosjekt mellom CDBI og CDSP (sjå ovanfor). Bakgrunnen var ei tilråding frå parlamentarikarforsamlinga i 1999 til ministerkomitéen om innføring av eit moratorium for xenotransplantasjonar i medlemslanda. Dette har Noreg støtta i begge komitéane. Dei mest kontroversielle spørsmåla har vore tilgangen til klinisk forsking/behandling med xenotransplantasjon på personar som ikkje kan gje eige samtykke, bruk av enkelte celleliner og erstatningsspørsmål ved mogeleg skade som kan skuldast xenotransplantasjon.
CDBI har også starta eit arbeid med ein protokoll om biomedisinsk forsking, som er tenkt å innehalde generelle prinsipp om biomedisinsk forsking, til dømes at omsynet til enkeltmennesket skal telje meir enn omsynet til samfunnet og forskinga. Andre tema vil vere artiklar om etikk-komitéar, vern av menneske som ikkje er i stand til å samtykkje til forsking, konfidensialitet og overvaking.
CDBI har òg drøfta kva rolle Europarådet kan ha i spørsmål om aktiv dødshjelp og assistert sjølvmord. Noreg har argumentert for ei restriktiv line, men diskusjonen viste at det var lite rom for konsensus. Dette har ein frå norsk side sagt seg lei for.
1.4 Arbeids- og innvandringsspørsmål
1.4.1 Arbeidsspørsmål
Noreg ratifiserte Den reviderte europeiske sosialpakta 7. mai 2001. Den reviderte europeiske sosialpakta er ein revisjon og ei vidareutvikling av Den europeiske sosialpakta. Vi viser elles til St.meld. nr. 25 (2001-2002), der det er gjeve ei nærare orientering om den reviderte europeiske sosialpakta.
Medlemslanda rapporterer årleg om dei artiklane i sosialpakta som dei har ratifisert. Rapporteringssyklusen er lagd opp slik at det annakvart år vert rapportert om dei sju viktigaste artiklane. Om dei andre artiklane vert det rapportert fjerdekvart år. Rapportane blir granska av European Committee of Social Rights (ekspertkomitéen), som i ein rapport gjev si vurdering av korleis medlemslanda gjennomfører reglane i sosialpakta og om landa etter ei juridisk vurdering oppfyller artiklane i pakta. Komitérapporten blir deretter behandla av ein underkomité, Governmental Committee to the Social Charter (regjeringskomitéen). Denne komitéen er sett saman av representantar frå dei medlemslanda som har ratifisert sosialpakta.
På grunnlag av konklusjonane frå ekspertkomitéen vurderer regjeringskomitéen om han skal tilrå rekommandasjonar mot dei medlemslanda som ekspertkomitéen meiner ikkje oppfyller reglane i sosialpakta. Ministerkomitéen tek deretter endeleg stilling til om det skal vedtakast rekommandasjonar.
I sin rapport fann ekspertkomitéen at Noreg mellom anna på bakgrunn av opplysningar i vår rapport frå august 2001 ikkje fullt ut oppfylte artikkel 6 nr. 3 og 4 i sosialpakta (om retten til å føre kollektive forhandlingar) mellom anna på grunn av bruk av tvungen lønsnemnd mot OFS ved ein streik/lockout i Nordsjøen. Frå norsk side vart det gjort greie for bruken av lønsnemnd i denne saka. Noreg orienterte òg om dommen menneskerettsdomstolen har sagt i saka der OFS klaga over den provisoriske anordninga av 1. juli 1994 med forslag om tvungen lønsnemnd. Domstolen kom fram til at ei slik avgjerd ikkje var i strid med menneskerettskonvensjonen artikkel 11. Regjeringskomitéen vedtok på denne bakgrunnen å avvente den neste avgjerda i dette spørsmålet frå ekspertkomitéen.
Noreg vart vidare kritisert for ikkje fullt ut å oppfylle artikkel 12 nr. 3 (om retten til sosial tryggleik), idet ekspertkomitéen hevda at Noreg med dei nye reglane for arbeidsløysetrygd i 1997 skjerpa regelverket. Etter det tidlegare regelverket kunne dagpengemottakarane misse arbeidsløysetrygda dersom dei nekta å ta «høveleg arbeid», medan dei etter det nye regelverket kan misse arbeidsløysetrygda om dei nektar å ta tilvist arbeid utan rimeleg grunn. Frå norsk side vart det hevda at dei nye reglane ikkje har skjerpa regelverket for dagpengar, snarare tvert imot. Å kunne nekte å ta arbeid dersom ein har ein rimeleg grunn, tillet arbeidsformidlinga å ta stilling til forhold utanfor sjølve arbeidet, til dømes omsorg for barn og eldre og andre familieforhold. Regjeringskomitéen kritiserte Noreg, men det vart ikkje føreslått nokon rekommandasjon.
1.4.2 Innvandringsspørsmål
Noreg er representert i ekspertkomitéen for statsborgarskap (CJ-NA). Komitéen har utarbeidd Europeisk konvensjon om statsborgarskap, som vart ferdigstilt i 1997. Det vert no arbeidd vidare med statsborgarskapsspørsmål som ikkje er regulerte i konvensjonen. I 2002 vart utkast til rapport om vilkår for tildeling og tap av statsborgarskap ferdigstilt. Prinsipp og reglar for å unngå statsløyse i samband med statssuksesjon vart undersøkte, og eit utkast til forslag til eit tilleggsinstrument på dette området vart underkasta ei førebuande gransking. Ekspertkomitéen sluttførte og vedtok ei oppfatning av parlamentarikarforsamlinga sin rekommandasjon 1544 (2001) om bustadregistreringssystemet («propiska-systemet») som vert brukt på migrantar, asylsøkjarar og flyktningar i Europarådets medlemsstatar; effekt og verkemiddel. Det vart vidare utveksla synspunkt på ein tredje europeisk konferanse i 2003/2004, og tema for konferansen vart diskuterte.
Noreg er representert i CAHAR, ei adhoc-ekspertgruppe for rettslege aspekt ved territorialt asyl, flyktningar og statslause personar. CAHAR vedtok i 2002 eit utkast til tilråding om minstestandardar for forvaring av asylsøkjarar («measures of detention of asylum-seekers»). Tilrådinga vart send over til ministerkomitéen i 2002. CAHAR arbeidde i 2002 med utkast til tilråding om ein felles definisjon av omgrepet «medlemskap i ei spesiell sosial gruppe» etter flyktningkonvensjonen art. 1 A. Dette arbeidet vil halde fram i 2003. Vidare vart det oppretta fleire nye arbeidsgrupper i 2002, mellom anna om vilkåra for eksklusjon frå flyktningstatus i samsvar med flyktningkonvensjonen art. 1 F, som held fram i 2003.
Arbeidet med migrasjons- og integreringsspørsmål blir leidd av styringskomitéen for migrasjon (CDMG). I 2002 vart det arrangert ein ministerkonferanse i Helsinki under tittelen «migrants in our society: policy choices in the 21st century». Slutterklæringa inneheld ei rekkje tilrådingar til medlemslanda i Europarådet på områda integrering, etnisk likestiling og regulert innvandring.
Noreg har eitt medlem i den europeiske kommisjonen mot rasisme og intoleranse (ECRI). Komitéen fekk fornya mandat 13. juni 2002. Komitéen utarbeider generelle og landspesifikke tilrådingar om rasisme og intoleranse, og skal spreie eksempel på god praksis på feltet. ECRI vil gjeste Noreg i mai 2003.
1.5 Born og ungdom
1.5.1 Barnepolitisk samarbeid
Det barnepolitiske samarbeidet er underlagt styringskomitéen for sosialt samhøyr (CDCS). For å vareta dei barne- og familiepolitiske spørsmåla, vidareførte Forum for born og familiar sitt arbeid i 2002. Forumet består mellom anna av representantar frå CDCS og andre relevante styringskomitéar i Europarådet, nasjonale ekspertar, internasjonale organisasjonar og frivillig sektor. Forumet drøfta i 2002 mellom anna tilhøvet mellom familieliv og arbeidsliv og vald i familiar med særleg vekt på fysisk avstraffing av born. Forumet har òg utarbeidd forslag til rekommandasjon om barnehagar (Child Day Care), som vart vedteke av ministerkomitéen i 2002 (Rec (2002) 8). Arbeidsgruppa som førebudde saka var leidd av Noreg. Forumet har to andre arbeidsgrupper - ei om born, ungdom og deltaking og ei om born med spesielle omsorgsbehov. CDCS vil i 2003 drøfte spørsmålet om behovet for eit eige europeisk barneombod. CDCS har vidare lagt opp til ein diskusjon om nytt mandat og ny rolle for forumet frå 2004, mellom anna som følgje av behovet for ei sterkare koordinering av barneaktivitetar i dei ulike komitéane og i forvaltninga.
1.5.2 Ungdomspolitisk samarbeid
Det ungdomspolitiske arbeidet i Europarådet vert utvikla og gjennomført i nært samarbeid mellom medlemsstatane, frivillige internasjonale ungdomsorganisasjonar, nasjonale ungdomsråd i medlemslanda og andre grupper som arbeider med ungdomsspørsmål. Denne samarbeidsforma set Europarådet i ei særstilling samanlikna med andre mellomstatlege organisasjonar som er engasjerte i ungdomspolitiske spørsmål. Samarbeidet mellom medlemslanda vert i første rekkje vareteke gjennom styringskomitéen for ungdomsspørsmål (CDEJ), som omfattar alle dei 48 landa som har slutta seg til Europarådets kulturkonvensjon. Dei ikkje-statlege organisasjonane og ungdomspolitiske partnarar har ein eigen rådgjevande komité. Styringskomitéen og den rådgjevande komitéen møttest i ein felleskomité for å fastsetje hovudprioriteringane for samarbeidet på området. Det ungdomspolitiske samarbeidet har i 2002 vore konsentrert om fire hovudprioritetar: deltaking for born og ungdom i samfunnslivet, utdanning og opplæring utanfor det organiserte utdanningssystemet, menneskerettar og tiltak overfor born og ungdom i Søraust-Europa.
Innanfor det ungdomspolitiske samarbeidet vert vesentlege ressursar forvalta gjennom dei operative organa, ungdomssentra i Strasbourg og Budapest og Det europeiske ungdomsfondet. Ungdomssentra tilbyr kursverksemd i regi av dei frivillige organisasjonane. Dessutan vert det gjennomført ein god del opplæring av leiarar og tillitsvalde på ungdomsområdet. Det er mellom anna inngått ein samarbeidsavtale med Europakommisjonen om opplæringsverksemda. Det europeiske ungdomsfondet gjev støtte til ulike aktivitetar og prosjekt på barne- og ungdomsområdet. Det er mellom anna gjeve støtte til fleire prosjekt i Søraust-Europa.
Ungdomsministerkonferanse
Europarådet heldt den 6. fagministerkonferansen for statsrådar med ansvar for ungdomspolitikk i Thessaloniki, Hellas, 7.-9. november 2002. Konferansen diskuterte ungdom i forhold til tre tema:
Aktiv medborgarskap og deltaking i samfunnslivet
Sosialt samhøyr og demokratisk stabilitet i Søraust-Europa
Tiltak mot vald i dagleglivet
44 av dei 48 landa som er tilknytte Europarådets kulturkonvensjon, deltok på konferansen. Dessutan deltok representantar frå ein ungdomskonferanse som vart halden før ministerkonferansen tok til. Leiar for den norske delegasjonen var statssekretær Odd Anders With i Barne- og familiedepartementet. Statssekretær With presenterte blant anna resultata frå den europeiske ungdomskonferansen om deltaking og medverknad i samfunnet, som vart arrangert i Porsgrunn i august 2002. I tillegg til drøftingar av ungdommen si rolle i og bidrag til dei tre temaa, vedtok konferansen ei fråsegn om Europarådet sine prioriteringar på det ungdomspolitiske området for perioden 2003-2005. Det vart vedteke å konsentrere arbeidet om følgjande område:
Fremje av fleirkulturell dialog og fred
Menneskerettar, menneskeverd og sosialt samhøyr
Deltaking og demokratisk medborgarskap
Støtte til å etablere og utvikle relevant ungdomspolitikk
Ungdomspolitiske problemstillingar må spele ei større rolle på andre aktivitetsområde i Europarådet.
Konferansen vedtok òg ei fråsegn om situasjonen til ungdom i område prega av væpna konflikt. Ungarn inviterte til den neste ungdomsministerkonferansen i 2005.
1.6 Kultur, media og idrett
1.6.1 Kultur
Styringskomitéen for kultur og utdanning, CDCC, var eit overordna organ for fire spesialkomitear: kulturkomitéen, kulturarvskomitéen, utdanningskomitéen og komitéen for høgre utdanning og forsking. CDCC hadde ansvaret for forvaltninga av Europarådets kulturfond, og ei sentral oppgåve var å fremje forslag til prioriteringar og budsjett før dette vart oversendt til ministerkomitéen for endeleg vedtak. 47 land har underteikna Kulturkonvensjonen og deltok dermed i CDCC.
Spørsmålet om reorganisering av CDCC og spesialkomitéane vart diskutert over lengre tid, og 21. november 2001 vedtok ministerkomitéen å omgjere CDCC og dei fire spesialkomitéane til fire nye styringskomitéar f.o.m. 1. januar 2002: styringskomitéen for kultur, for kulturarv, for utdanning og for høgre utdanning og forsking. Ministerkomitéen vedtok også å inkorporere Europarådets kulturfond i det ordinære budsjettet for Europarådet f.o.m. 1. januar 2002. Det vart samtidig vedteke at dei tidlegare koordineringsfunksjonane til CDCC skal overtakast av generalsekretæren og generaldirektorat IV i samarbeid med rapportørgruppa for kultur under komitéen av faste representantar.
Kulturkomitéen har i 2002 gjeve høg prioritet til arbeidet med prosjektet om kulturell dialog og konfliktførebygging. I samband med dette vart det mellom anna arrangert eit ekspertkollokvium i oktober med tittelen «Dialog om interkulturell og interreligiøs kommunikasjon», som vil bli følgt opp av eit uformelt ministermøte i februar 2003 og eventuelt eit formelt ministermøte i Kroatia same haust. Ei anna viktig oppgåve i kulturkomitéen er gjennomgang av kulturpolitikken til medlemslanda. I 2002 vart kulturpolitikken til Aserbajdsjan, Bosnia-Hercegovina, Georgia og Malta gjennomgådd. Ved sida av arbeidet med kulturelt mangfald har verksemda i tilknyting til Søraust-Europa og Kaukasusområdet framleis høg prioritet. Det første plenarmøtet i kulturkomitéen som styringskomité vart halde i oktober 2002. På plenarmøtet vart det mellom anna vedteke å opprette arbeidsgrupper for dei fire prioriterte områda slik at leiarane for desse gruppene møter som byråets medlemmer. Byrået møtest ein gong i året ved sida av dei årlege plenarmøta i komitéen.
1.6.2 Media
Styringskomitéen for mediespørsmål (CDMM) behandlar internasjonale mediespørsmål. Frå og med 2001 omfattar dette ekspertgruppa for ytringsfridom og andre fundamentale rettar (MM-S-FR), ekspertgruppa for online-tenester og demokrati (MM-S-OD), ekspertgruppa for demokratiske og sosiale konsekvensar av digital kringkasting (MM-S-DB), rådgjevande panel for mediemangfald (AP-MD), rådgjevande panel for konvergens (AP-CV) og rådgjevande panel for immaterielle rettar (AP-IP). Noreg deltek i CDMM, MM-S-OD, MM-S-FR og AP-MD.
CDMM har dei siste åra i særleg grad vore opptekne av å medverke til utviklinga av ein fri og uavhengig mediesektor i Sentral- og Aust-Europa. Dette arbeidet skjer dels gjennom utarbeiding av standardar for lovverk om ytringsfridom og rammevilkåra for media i form av juridiske instrument, dels gjennom praktiske tiltak for å sikre utvikling av og opplæring i desse standardane. Desse tiltaka fell inn under Europarådets arbeid med stabilitetspakta for Søraust-Europa. Andre viktige område for CDMM er utveksling av informasjon om dei pågåande WTO-forhandlingane om audiovisuelle tenester og å følgje den teknologiske utviklinga på medieområdet, mellom anna konsekvensane av digitalisering. CDMM arrangerte i november 2002 ein konferanse om media og terrorisme.
Ekspertgruppa for ytringsfridom og andre grunnleggjande rettar (MM-S-FR) har som mandat å vurdere avveging av ytringsfridom (EMK art. 10) mot andre fundamentale rettar som t.d. respekt for privatlivets fred (EMK art. 8) og retten til rettferdig rettargang (EMK art. 6). Etter ei utviding av mandatet i 2002 skal gruppa også utarbeide eit utkast til ein deklarasjon om ytringsfridom og terrorisme. Det er oppretta eit rådgjevande panel om media og terrorisme (AP-MT) som skal hjelpe gruppa i dette arbeidet. Gruppa skal òg føreslå mogelege tiltak med omsyn til korleis media kan medverke til auka forståing mellom folkeslag, inkludert interkulturell, interreligiøs og interetnisk dialog.
Ekspertgruppa for sosiale og demokratiske konsekvensar av digital kringkasting (MM-S-DB) drøftar mellom anna tiltak for å fremje spreiinga av digitale kringkastingstenester. Gruppa skal analysere konsekvensane av den fragmenteringa av publikum som kan bli ei følgje av at kringkastingstenester vert digitaliserte. Oppgåver, organisering og finansiering av allmennkringkastarane i ei digital framtid vert òg drøfta.
Det rådgjevande panelet for mediemangfald (AP-MD) la i desember 2002 fram «Report on media diversity in Europe». Panelet føreslår tiltak som medlemslanda bør setje i verk for å sikre pluralismen i media, og peikar på at konkurranseregulering ikkje er tilstrekkeleg for å oppnå dette.
Den faste komitéen for fjernsynssendingar over landegrensene (T-TT), som er heimla i Europarådets konvensjon av 5. mai 1989 om fjernsyn over landegrensene (ETS 132), har mellom anna drøfta jurisdiksjonsspørsmål, vern av mindreårige og behovet for endringar i fjernsynskonvensjonen på bakgrunn av nye informasjonstenester og reklameformer. På bakgrunn av drøftingar av TV-program av typen «Big Brother» m.m. vedtok komitéen i 2002 ei fråsegn om desse programformene i relasjon til konvensjonsføresegnene om menneskeverd. Nokre endringar i konvensjonen som vart vedtekne av ministerkomitéen i 1998 i ein såkalla endringsprotokoll, tredde først i kraft 1. april 2002 etter at Frankrike hadde trekt tilbake si innvending mot iverksetjinga.
1.6.3 Idrett
Idrettssakene i Europarådet høyrer inn under idrettskomitéen (Committee for the Development of Sport) (CDDS) ). Her har Noreg delteke i følgjande styringskomitear og ekspertgrupper:
Steering Committee
KKD var representert på det årlege møtet i styringskomitéen i CDDS. Styringskomitéen behandlar budsjett og verkeområde for Europarådet på idrettsfeltet.
Monitoring Group of the Anti-doping Convention (T-DO)
I kontrollgruppa sit representantar med fagekspertise på antidopingfeltet. Dei sentrale spørsmåla i 2002 har vore knytte til World Anti-Doping Agency (WADA) og utarbeidinga av ein WADA-kodeks (WADC) for det internasjonale antidopingarbeidet. Noreg har delteke aktivt i denne prosessen. Frå norsk side har det vore viktig å understreke at dei nasjonale antidopingorgana må ha ei hovudrolle når det gjeld oppfølging/implementering av WADC. Ein har vidare diskutert den rettslege statusen til WADA og kodeksen og på kva måte styresmaktene skal gje sin tilslutnad til WADA/WADC.
Standing Committee of the European Convention on Spectator Violence and Misbehavior at Sports Events and in particular at Football Matches (T-RV)
KKD har gjeve Politidirektoratet ansvar for å følgje opp arbeidet innanfor dette feltet.
Europeisk sportsministermøte i Warszawa 12.-13. september 2002
Sentrale tema for møtet var idrett i skulen og spørsmål om europeisk representasjon og finansiering i forhold til WADA.
I tillegg vart det under ministermøtet opna for underteikning av ein tilleggsprotokoll til Europarådets antidopingkonvensjon. Noreg har underteikna konvensjonen.
1.7 Utdanning
Samarbeidet på utdanningsområdet går føre seg i regi av to styringskomitéar:
1) styringskomitéen for utdanning (CD-ED) og 2) styringskomitéen for høgre utdanning og forsking (CD-HER). Begge desse komitéane er med verknad frå 2002 omdanna frå fagkomitéar til styringskomitéar i samband med ei omlegging av komitéstrukturen på kultur- og utdanningsområdet. Som ledd i denne reforma er den tidlegare styringskomitéen for kultur og utdanning (CDCC) nedlagd.
Styringskomitéen for utdanning (CD-ED) varetek samarbeidet innanfor skule og opplæring, inkl. vaksenopplæring. Komitéen har i 2002 vore samla ein gong, 1.-2. oktober. På dette møtet vedtok komitéen, på grunnlag av forslag frå ei arbeidsgruppe, at det skal etablerast eit nytt toårig prosjekt om interkulturell utdanning og utfordringane skulen står overfor i møtet med eit samfunn prega av religiøst mangfald og dialog . Målet med prosjektet er å engasjere elevar i dialog bygd på gjensidig toleranse og forståing i spørsmål om religion, og å gje bakgrunn og utvikle reiskapar for utdanningssystemet. Noreg er representert i prosjektgruppa, og har i samband med dette mellom anna lagt fram norske erfaringar med KRL-faget. CD-ED vil ta desse erfaringane med i planlegginga av den 21. europeiske utdanningsministerkonferansen i regi av Europarådet som finn stad i Aten 6.-7. november 2003 med dette som tema .
Med sikte på implementering av ministerkomitéens rekommandasjon (2001) 15 om historieundervisning i det 21. hundreåret arrangerte Europarådet i samarbeid med Frankrike den 17. oktober 2002 eit internasjonalt kollokvium om holocaustundervisning. Noreg var ikkje representert på kollokviet, men har som ledd i arbeidet som vert gjort i skulen for å motverke rasisme teke initiativ til markeringa av ein eigen holocaustdag 27. januar 2003 i alle skular i landet. Markeringa av ein slik dag i Noreg og ei rekkje andre land byggjer på ei erklæring frå Europarådets undervisningsministerkonferanse i Krakow i 2001. I Noreg har dagen fått eit særskilt symbolsk innhald fordi han er kopla saman med utdelinga av Benjaminprisen.
Samarbeidet på utdanningsområdet i 2002 har i tillegg til arbeidet med historieundervisning og opplæring til demokratisk medborgarskap også fokusert på metodikk for framandspråkundervisning. Noreg har i samarbeid med Europarådets Language Policy Division teke på seg å utvikle ein særskild «Language Education Country Profile». Delar av dette arbeidet er delegert frå Utdannings- og forskingsdepartementet til Læringssenteret. Prosessen, som involverer ei ekspertgruppe frå Europarådet der ein norsk ekspert er med, vil resultere i eit policy-dokument for framandspråk i grunnopplæringa og lærarutdanninga. Dokumentet vil bli lagt fram hausten 2003.
Endeleg kan det nemnast at utdanningskomitéen er sterkt involvert i eit samarbeid om utdanningsreformer i Europa. Noreg har i samband med dette teke på seg å utarbeide ein nasjonal rapport til ein konferanse i Praha 10.-12. april 2003, 3rd Prague Forum on Strategies for Educational Reform in Europe: Raising Quality, Visions and Realities. Rapporten vil vere det norske bidraget til eit omfattande underlagsdokument som skal utarbeidast til utdanningsministerkonferansen i Aten i november 2003.
Styringskomitéen for høgre utdanning og forsking (CD-HER) har to representantar frå kvart land, ein frå nasjonale styresmakter og ein frå universitets- og høgskulesektoren. På møtet i 2002 vart Per Nyborg frå Universitets- og høgskolerådet attvald som leiar for komitéen.
Arbeidet i komitéen er strukturert rundt fem hovudområde, dei to førstnemnde i samarbeid med utdanningskomitéen (CD-ED):
Rådgjeving (især knytt til lovgjeving) om utdanning i dei nye medlemslanda gjennom «partnarskap for fornying av utdanninga» og støtte til utdanning i Søraust-Europa (avhengig av ekstern finansiering).
Læring og undervisning i kommunikasjonssamfunnet på alle nivå i utdanninga, med fokus både på lærarrolla og på den lærande (frå 2001).
Prosjektet om universiteta si rolle i opplæring i medborgarskap vart avslutta i 2002, men vert no utvida gjennom anna finansiering til også å omfatte Asia. Dette, saman med ei pågåande undersøking om studentdeltaking i styringa av universitet og høgskular på oppdrag frå Noreg (UFD), vil vere komitéen sitt bidrag til Det europeiske året om medborgarskap gjennom utdanning i 2005.
Oppfølging av Bolognaprosessen innan høgre utdanning og støtte til dei landa som framleis står utanfor denne prosessen. (Bolognaprosessen vert følgd nøye opp frå norsk side, og vert i Noreg implementert gjennom kvalitetsreforma for høgre utdanning, jf. St.meld. nr. 27 (2000-2001). UFD arrangerer ein konferanse om studentdeltaking 12.-14. juni 2003 som ledd i Bolognaprosessen.)
Handel i høgre utdanning. Det vart i 2002 vedteke å setje ned ei arbeidsgruppe for å greie ut behovet for kvalitetsstandardar i den samanheng.
Europarådet står sentralt i arbeidet for gjensidig godkjenning av vitnemål og kvalifikasjonar frå høgre utdanning i Europa. Til støtte for det daglege arbeidet har Europarådet og UNESCO eit felles nettverk av nasjonale einingar med ansvar for informasjon om høgre utdanning, ENIC, European Network of National Information Centres on Academic Recognition and Mobility. Norsk kontaktpunkt for nettverket er Norgesnettrådets sekretariat v/NAIC, National Academic Information Centre. ENIC samarbeider tett med det tilsvarande EU-nettverket, NARIC, National Academic Recognition and Information Centres.
Europaråds- og UNESCO-konvensjonen om godkjenning av kvalifikasjonar når det gjeld høgre utdanning i Europaregionen («Lisboakonvensjonen», vedteken i 1997 og per oktober 2002 ratifisert av 28 land), representerer ein viktig milepæl i arbeidet med godkjenning av høgre utdanning frå utlandet. Konvensjonen innfører eit eige vitnemålstillegg, Diploma Supplement (DS). UFD følgjer dette aktivt opp nasjonalt, og frå og med 2002 må alle norske universitet og høgskular skrive ut DS til sine studentar. DS er i tillegg eit viktig verkemiddel i Bolognaprosessen for høgre utdanning.
1.8 Kulturminneforvaltning og naturforvaltning
Styringskomitéen for kulturarv, CD-PAT (Cultural Heritage Steering Committee) har ansvar for å fremje vernet av den fysiske kulturarven i Europa, dvs. kulturlandskap, kulturmiljø, kulturminne og kulturgjenstandar. Komitéen forvaltar to konvensjonar, Granadakonvensjonen om vern av Europas faste kulturminne (1985) og Maltakonvensjonen om vern av den arkeologiske kulturarven (1992).
Styringskomitéen for kulturarven har hatt låg aktivitet i 2002. Dette skuldast organisasjonsmessige forhold etter omorganiseringa av CDCC og dei tilhøyrande spesialkomiteane. Styringskomitéen hadde sitt første plenarmøte 7.-8. oktober 2002. Komitéen vedtok mellom anna å starte arbeidet med eit nytt europarådsdokument - ein rammekonvensjon - om kulturarvarbeidet i Europa («a new Council of Europe instrument on the cultural heritage»). Noreg vil vere representert i ekspertgruppa som skal samarbeide med komitéen om å lage utkast til tekst.
Den europeiske landskapskonvensjonen vart ratifisert av Noreg som første land i oktober 2001. Pr. 07.02.03 har ytterlegare seks land ratifisert og totalt 26 land har signert konvensjonen. Formålet med konvensjonen er å fremje vern, forvaltning og planlegging av landskap og å organisere europeisk samarbeid på desse områda. Intensjonane og innhaldet i konvensjonen er i all hovudsak i samsvar med norsk politikk og forvaltningspraksis og vil venteleg styrkje norsk landskapsforvaltning.
Det paneuropeiske samarbeidet om biomangfald og konvensjonen om biologisk mangfald har etter mange år nådd ei svært konstruktiv form. Den paneuropeiske strategien for biologisk mangfald og landskapsvern (PEBLDS) har i 2002 fått eit felles sekretariat mellom UNEP-ROE og Europarådet. Strategien følgjer opp prosessane rundt temaet biologisk mangfald fram mot «Environment for Europe»-konferansane (UN-ECE) og FN-konvensjonen for biologisk mangfald (UN-CBD). På siste styremøtet i PEBLDS vart det òg vedteke ein samarbeidsavtale mellom den europeiske ministerkonferansen om skogvern og PEBLDS.
1.9 Regionalt og kommunalt samarbeid
Styringskomitéen for lokalt og regionalt demokrati (CDLR) arbeider med spørsmål knytte til lokalt sjølvstyre, kommunal økonomi og forvaltning og statens styring av kommunane. Komitéen arbeider mellom anna for å medverke til utvikling av demokratiske institusjonar på lokalt nivå i landa i Sentral- og Aust-Europa. I 2002 vart den 13. ministerkonferansen arrangert 27.-28. juni i Helsinki i Finland med temaet «regionalt sjølvstyre». Komitéen har òg ein aktiv dialog med Europarådets kongress for lokalt og regionalt demokrati (CLRAE). Kongressen gjennomfører mellom anna årlege besøk i medlemslanda i Europarådet for å vurdere korleis landa følgjer opp Europarådets charter for lokalt sjølvstyre, og vil i 2003 gjennomføre ei undersøking i Noreg.
Ministrane med ansvar for regional planlegging møtest i CEMAT (European Conference of Ministers responsible for Regional Planning) tredjekvart år.
I 2002 har aktivitetane vore konsentrerte om å følgje opp retningslinene for ei regionalt balansert og berekraftig romleg utvikling, som vart vedtekne på ministerkonferansen 7.-8. september 2000 i Hannover. Tre saker står fram som særleg viktige:
Å vise kva romleg planlegging faktisk har å seie for samfunnsutviklinga, mellom anna på bakgrunn av dei katastrofale konsekvensane av flaumane i Europa sommaren 2002.
Å vidareutvikle transnasjonal planlegging som ein demokratisk prosess, der befolkninga er aktørar og ikkje berre tilskodarar til sin eigen lagnad. Politiske prioriteringar må fastsetjast av politikarar i samråd med befolkninga, og ikkje overlatast til fagekspertar, konvensjonar og internasjonal rett.
Å avklare rolla til CEMAT etter utvidinga av EU i 2004. CEMAT kan då få ein endå tydelegare brubyggjarfunksjon, der statane som står att utanfor EU får høve til klargjere og kommunisere eigne utviklingsmål og interesser på likeverdige vilkår.
Neste ministerkonferanse skal haldast 15.-17. september 2003 i Ljubljana. Hovudsakene vil truleg bli nasjonale rapportar om oppfølginga av handlingsprogrammet som ministrane vedtok i Hannover, behovet for romleg planlegging framover og framtida for europeisk samarbeid på dette området.
1.10 Dyrevern
Noreg har spela ei aktiv rolle i arbeidet med å førebu ein multilateral konsultasjon for å endre konvensjonen om vern av dyr under internasjonal transport. Den multilaterale konsultasjonen vart halden 18.-21. juni 2002, og ny konvensjonstekst vart vedteken.
I tilknyting til konvensjonen om vern av produksjonsdyr er det etablert ein fast komité (Standing Committee) som har som oppgåve å utarbeide tilrådingar om dyrevelferd for dei ulike artane. Komitéen heldt fram med arbeidet med revisjon av tilrådinga om grisehald og med å utarbeide ei tilråding om kaninhald. I arbeidet med å utarbeide ei tilråding for oppdrettsfisk spelar Noreg framleis ei aktiv rolle i arbeidet med både den generelle delen av tilrådinga og dei spesielle delane som omhandlar laks og sjøaure. Den generelle delen er venta å kunne vedtakast i 2003, mens det står att ein del arbeid når det gjeld dei einskilde artane.