2 Finansiell stabilitet
2.1 Innleiing
Styresmaktene sitt arbeid med finansiell stabilitet er delt mellom Finansdepartementet, Kredittilsynet og Noregs Bank. Finansdepartementet arbeider særleg med rammevilkåra, Kredittilsynet fører tilsyn med aktørane i den finansielle sektoren, mens Noregs Bank skal medverke til robuste og effektive betalingssystem og finansmarknader. Både nasjonale styresmakter og internasjonale organ er involverte i arbeidet med å sikre finansiell stabilitet, og internasjonalt samarbeid på området har blitt utvida. Det internasjonale valutafondet (IMF) er ein sentral aktør i det internasjonale arbeidet. Verksemda til IMF blir omtala nærmare i kapittel 8.
Første del av dette kapitlet skildrar utviklinga i finansmarknadene den siste tida. Vidare blir strukturen i den norske finansmarknaden omtala. Seinare i kapitlet blir det gjort nærmare greie for ulike risikofaktorar, som marknadsrisiko, kredittrisiko, likviditetsrisiko og risiko i betalingssystema. Avslutningsvis kjem ei kort oppsummering av hovudtrekka og einskilde av departementet sine merknader. Kapitlet inneheld og to boksar med omtale av nye retningslinjer for kapitaldekningsregelverket. Talmaterialet og bakgrunnsinformasjonen til kapitlet er i stor grad henta frå rapportar og publikasjonar frå Noregs Bank og Kredittilsynet, mellom anna rapportane frå Noregs Bank om finansiell stabilitet og rapportane frå Kredittilsynet om finansinstitusjonar og rapporten Tilstanden i Finansmarkedet 2003 .
Finansiell stabilitet inneber mellom anna at det finansielle systemet oppfyller viktige funksjonar i samfunnet – som kredittallokering, betalingsformidling og prising av finansielle aktiva. Vidare inneber finansiell stabilitet at aktørane har tillit til at systemet fungerer, og at finansielle avtalar blir gjorde opp på rettmessig vis. Eit stabilt og velfungerande finansielt system legg såleis grunnlaget for ulike spare- og investeringsalternativ, mellom anna realinvesteringar som er finansierte med eigenkapital og gjeld, og omfordeling av risiko mellom ulike aktørar. Nokre av dei sentrale samanhengane i det finansielle systemet, og korleis desse verkar inn på den finansielle stabiliteten innanlands, er skildra i første del av kapitlet om finansiell stabilitet i St.meld. nr. 7 (2003–2004) Kredittmeldinga 2002.
2.2 Utviklinga på finansmarknaden
Bankane oppnådde eit betre resultat i 2003 enn året før, men resultatet var likevel svakare enn i 2001. Låge tap på utlån, spesielt i andre halvår, og auka inntekter knytte til oppgangen i verdipapirmarknaden medverka til betringa i resultatet samanlikna med 2002. Resultata i forsikring speglar utviklinga i verdipapirmarknadene. Oppgangen i marknadene har ført til betring i resultata til selskapa i 2003 samanlikna med 2002. For livsforsikringsselskapa avgrensa likevel låg aksjedel i balansen ved inngangen til 2003 utslaga av den sterke oppgangen i aksjemarknaden på resultat og bufferkapital. Rekneskapane til skadeforsikringsselskapa viste betring i forhold til 2002. Betringa kjem i første rekkje som følgje av ein markert auke i inntekter frå verdipapir, men også auka premieinntekter medverka til betra lønnsemd etter at dei tekniske rekneskapane til selskapa har vore svake i fleire år.
2.2.1 Bankane
Bankane hadde i 2003 samla ei betring i resultata i forhold til året før, særleg som følgje av den positive utviklinga i verdipapirmarknaden. Det samla resultatet før skatt for alle norske bankar (15 forretningsbankar og 128 sparebankar) blei 12,4 milliardar kroner i 2003. Resultat før skatt auka samla med 4,1 milliardar frå året før, ein auke på nær 50 prosent. Målt i høve til gjennomsnittleg forvalta kapital utgjorde resultatet 0,80 prosent, mot 0,58 prosent eitt år tilbake. Ni bankar hadde underskot i rekneskapane sine i 2003, av desse var sju forretningsbankar og to sparebankar.
Avkastninga på gjennomsnittleg eigarkapital 1 auka frå 6 prosent i 2002 til i underkant av 10 prosent i 2003. Rentenedgangen i 2003 førte til press på rentemarginane til bankane. Dette førte til reduksjon i bankane sine netto renteinntekter 2 , som i høve til gjennomsnittleg forvalta kapital låg på eit historisk lågt nivå i 2003. Andre inntekter auka samstundes monaleg. Det var særleg netto kursgevinstar frå verdipapir og valuta som auka som følgje av ei positiv utvikling i verdipapirmarknaden. Lågare tap på utlån i andre halvår førte til at samla tap på utlån i 2003 var lågare enn i 2002. Ein stor del av tapa i 2003 var knytte til fiskeoppdrett. Tapsavsetningane til bankane blei reduserte med 2 prosent siste år, særleg som følgje av reduksjon i siste kvartal.
Bankane sine brutto utlån til kundar auka samla med 7 prosent frå 2002 til 2003. Innskot frå kundar auka med 2,9 prosent i same periode. Utlånsveksten har dermed i liten grad blitt finansiert gjennom innskot.
Behaldninga av misleghaldne lån fall med 5 prosent frå utgangen av 2002 til utgangen av 2003 for bankane samla, og utgjorde ved utgangen av 2003 1,7 prosent av bankane sine utlån til kundar. Behaldninga av misleghaldne lån fall særleg i fjerde kvartal 2003.
Total kapitaldekning for alle bankane under eitt auka med 0,2 prosentpoeng til 12,4 prosent frå 2002 til 2003, mens kjernekapitaldekninga auka med 0,1 prosentpoeng til 9,7 prosent i same periode.
I den vidare omtalen blir det skilt mellom tre ulike bankgrupper, dei tre største bankane (Den norske Bank der Nordlandsbanken er inkludert som eit heilått dotterselskap, Nordea Bank Norge og Gjensidige NOR Sparebank), dei resterande sparebankane (sparebankar utanom Gjensidige NOR Sparebank) og dei resterande forretningsbankane (forretningsbankar utanom Den norske Bank og Nordea Bank Norge).
Resultat før skatt i dei tre største bankane blei 6,9 milliardar kroner i 2003, ein auke på 1,1 milliardar kroner samanlikna med 2002. Målt i høve til gjennomsnittleg forvalta kapital utgjorde resultatet 0,74 prosent. Trass i at dei tre største bankane hadde ein monaleg reduksjon i netto renteinntekter i høve til forvalta kapital, førte auke i andre inntekter og reduksjon i kostnader til betring i resultat før tap på utlån. Samla tap i gruppa auka i 2003, men blei lågare i prosent av forvaltningskapitalen enn i 2002. Det var stor skilnad mellom dei tre største bankane både når det gjeld resultat og tap på utlån.
Resterande sparebankar fekk ei dobling av resultatet før skatt samanlikna med året før. Resultat før skatt blei 5,1 milliardar kroner i 2003, mot 2,5 milliardar kroner i 2002. Betringa i resultat i gruppa har samanheng med underskotet i SpareBank 1 Gruppen i 2002, som drog resultata i eigarbankane ned. Netto renteinntekter målt i høve til forvalta kapital blei redusert i dei resterande sparebankane, men låg på eit høgre nivå enn i andre bankgrupper. Auka inntekter frå verdipapir og tap på utlån medverka til auken i resultatet.
For resterande forretningsbankar blei resultat før skatt betra med 460 millionar kroner samanlikna med 2002, men resultatet var likevel relativt svakt. Resultat før skatt blei 398 millionar kroner i 2003, som utgjorde 0,28 prosent av gjennomsnittleg forvalta kapital. Lågare tap på utlån i forhold til 2002 betra resultata. I 2002 var tapa i dei resterande forretningsbankane sterkt påverka av Finance Credit-saka. Bankane i denne gruppa hadde i 2003 låge netto renteinntekter og høge kostnader i høve til forvalta kapital samanlikna med dei tre største bankane og gruppa av resterande sparebankar.
Tabell 2.1 Resultatpostar i prosent av gjennomsnittleg forvalta kapital
3 største | Resterande forretningsbankar | Resterande sparebankar | ||||
---|---|---|---|---|---|---|
2003 | 2002 | 2003 | 2002 | 2003 | 2002 | |
Netto renteinntekter | 1,76 | 1,99 | 1,58 | 1,78 | 2,54 | 2,71 |
Andre inntekter | 0,96 | 0,86 | 1,00 | 0,84 | 0,74 | 0,27 |
- av dette netto kursgevinstar | 0,25 | 0,21 | 0,11 | -0,01 | 0,18 | -0,16 |
Andre kostnader | 1,57 | 1,72 | 1,82 | 1,81 | 1,77 | 1,83 |
- av dette lønn og adm. kostnader | 1,29 | 1,36 | 1,35 | 1,38 | 1,40 | 1,43 |
Driftsresultat før tap | 1,15 | 1,14 | 0,77 | 0,80 | 1,51 | 1,15 |
Bokførte tap på utlån | 0,44 | 0,46 | 0,46 | 1,00 | 0,43 | 0,53 |
Gevinst/tap på verdipapir lang sikt/nedskrivingar | 0,04 | 0,00 | -0,03 | 0,16 | 0,00 | -0,04 |
Resultat av ordinær drift før skatt | 0,74 | 0,68 | 0,28 | -0,04 | 0,81 | 0,39 |
Avkastninga på gjennomsnittleg eigarkapital auka for alle grupper av bankar. Dei tre største bankane hadde ei avkastning på eigarkapitalen på 11,4 prosent, mens dei resterande forretningsbankane og dei resterande sparebankane hadde ei avkastning på eigarkapitalen på høvesvis 2,8 og 9,7 prosent.
Gruppa av resterande sparebankar hadde den sterkaste veksten i utlån, mens resterande forretningsbankar hadde reduksjon i utlånsvolum samanlikna med eitt år tilbake. Utlånsveksten i dei tre største bankane auka noko i høve til veksten i 2002.
Tabell 2.2 Balansepostar
Tre største | Resterande forretningsbankar | Resterandesparebankar | |||||||
---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
Mrd. kr. | Vekst i prosent | Mrd. kr. | Vekst i prosent | Mrd. kr. | Vekst i prosent | ||||
31.12.2003 | 2003 | 2002 | 31.12.2003 | 2003 | 2002 | 31.12.2003 | 2003 | 2002 | |
Forvalta kapital | 938 | 7,6 | 7,2 | 143 | 1,4 | 5,6 | 486 | 8,4 | 9,1 |
Brutto utlån til kundar | 673 | 7,5 | 4,5 | 91 | -5,0 | 0,1 | 434 | 9,1 | 9,3 |
Innskot frå kundar | 449 | 1,5 | 5,6 | 79 | 2,4 | 12,5 | 287 | 5,2 | 10,9 |
Kjernekapitaldekninga til dei resterande sparebankane og dei resterande forretningsbankane blei betra med høvesvis 0,4 og 0,7 prosentpoeng gjennom 2003, mens kjernekapitaldekninga i dei tre største bankane blei svekt med 0,3 prosentpoeng. Dei tre største bankane hadde ei kjernekapitaldekning på 8,2 prosent ved utgangen av 2003. Dei resterande sparebankane og dei resterande forretningsbankane hadde ei kjernekapitaldekning på høvesvis 12,3 prosent og på 10,9 prosent på same tid.
2.2.2 Forsikringsselskap og pensjonskasser
Livsforsikringsselskapa investerer ein stor del av forvaltningskapitalen i aksjar og obligasjonar. Den positive utviklinga i aksjemarknaden i 2003 gav auka finansinntekter for livsforsikringsselskapa. Fall i innlandske renter har òg gitt livsforsikringsselskapa kursgevinstar på obligasjonane. På lengre sikt kan låge renter derimot gjere det vanskelegare for selskapa å innfri rentegarantien. Finansdepartementet har derfor med verknad frå 1. januar 2004 senka den høgaste lovlege grunnlagsrenta (den årlege rentegarantien) for framtidige innbetalingar frå 4 til 3 prosent.
Oppgangen i marknadene har ført til betring av resultata til selskapa i 2003 samanlikna med 2002. Den verdijusterte kapitalavkastninga, som tek omsyn til verdiendringar på finansielle omløpsmidlar, låg i gjennomsnitt på 8,9 prosent i 2003, mot 1,9 prosent i 2002. Mens kapitalavkastninga viser avkastninga på dei finansielle eignelutene til selskapa, omfattar dei bokførte resultata alle inntekter og kostnadselement. Resultat før tildeling til kundar og skatt var 10,9 milliardar kroner i 2003, mot eit negativt resultat på 2,4 milliardar kroner i 2002. I prosent av gjennomsnittleg forvalta kapital auka resultatet frå minus 0,6 prosent i 2002 til 2,5 prosent i 2003. Livsforsikringsselskapa hadde samla eit verdijustert resultat (inkluderer endringar i kursreguleringsfond) før tildeling til kundar og før skatt på 17,7 milliardar kroner i 2003. Dette utgjorde 4,1 prosent av forvalta kapital. I 2002 hadde selskapa eit verdijustert resultat på minus 3,5 milliardar kroner. For selskapa samla auka kursreguleringsfondet med 6,7 milliardar kroner i 2003.
Netto inntekter frå finansielle eigneluter var 36,6 milliardar kroner, mot 7,3 milliardar kroner året før. Betringa kjem mellom anna av at selskapa i 2002 hadde store tap knytte til sal av aksjar. I 2003 var desse tapa låge, samstundes var det ein klar auke i urealiserte kursgevinstar.
Dei samla premieinntektene til selskapa, korrigerte for effekten av flytting, viste ein auke på 12 prosent i 2003. Ved utgangen av 2003 hadde livsforsikringsselskapa ein samla forvalta kapital på 459 milliardar kroner, ein auke på 10,8 prosent sist år. Utviklinga i aksjemarknaden i 2002 gav ein monaleg reduksjon i livsforsikringsselskapa sin aksjedel. Aksjedelen har sidan auka, og behaldninga av aksjar som del av forvalta kapital utgjorde ved utgangen av 2003 12,0 prosent, mot 7,4 prosent eitt år tidlegare. Auken i aksjedelen har først og fremst samanheng med verdiauke på behaldninga av aksjar. Ved utgangen av 2003 utgjorde utanlandske aksjar 67 prosent av omløpsaksjane til livsforsikringsselskapa.
Behaldninga av sertifikat og obligasjonar som blir haldne som omløpsmidlar, fall med 8,4 prosentpoeng i 2003, og utgjorde 29,2 prosent som del av forvalta kapital ved utgangen av 2003. Obligasjonar klassifiserte som «haldne til forfall» auka monaleg som del av forvalta kapital i 2002, og heldt fram med å auke i 2003. Ved utgangen av 2003 utgjorde obligasjonar haldne til forfall 36,2 prosent av forvalta kapital, mot 30,1 prosent eitt år tidlegare. Auken i delen av obligasjonane klassifiserte som «haldne til forfall», har samanheng med at selskapa har behov for sikre inntekter for å dekkje pliktene etter rentegarantien. Dette behovet har auka som følgje av det generelle fallet i rentenivået.
Den positive utviklinga i verdipapirmarknadene i 2003 førte til auke i den samla bufferkapitalen til livsforsikringsselskapa. Bufferkapitalen gir uttrykk for selskapa si evne til å bere risiko, og er samansett av kjernekapital ut over kravet, tilleggsavsetnader på opp til eitt års rentegaranti, og kursreguleringsfond. Den samla bufferkapitalen til selskapa var på 25,3 milliardar kroner ved utgangen av 2003, som svarte til 5,5 prosent av forvalta kapital. Ved utgangen av 2002 hadde selskapa ein bufferkapital på 14,3 milliardar kroner, som svarte til 3,4 prosent av forvalta kapital. Ved utgangen av 2003 hadde livsforsikringsselskapa i gjennomsnitt ei kapitaldekning på 15,3 prosent, og alle selskapa tilfredstilte kapitaldekningskravet på 8 prosent. Til samanlikning hadde livsforsikringsselskapa i gjennomsnitt ei kapitaldekning på 17,1 prosent ved utgangen av 2002. Fallet i kapitaldekning har samanheng med den auka aksjedelen som kursstigninga på aksjeporteføljen har ført til.
Tabell 2.3 Resultatpostar i livsforsikring. Millionar kroner og i prosent av gjennomsnittleg forvalta kapital
2003 | 2002 | |||
---|---|---|---|---|
Mill. kroner | I % av GFK | Mill. kronar | I % av GFK | |
Premieinntekter | 44 988 | 10,3 | 42 780 | 10,5 |
Inntekter frå finansielle eigneluter | 56 252 | 12,9 | 63 963 | 15,6 |
Erstatningar | 29 550 | 6,8 | 27 882 | 6,8 |
Endringar i forsikringsavsetningar | 33 649 | 7,7 | 23 946 | 5,9 |
Forsikringsrelaterte kostnader og adm. kostnader | 4 031 | 0,9 | 3 619 | 0,9 |
Overskot før fordeling og skatt | 10 943 | 2,5 | -2 434 | -0,6 |
Verdijustert resultat før fordeling og skatt | 17 689 | 4,1 | -3 459 | -0,8 |
Resultata i fondsforsikringsselskapa (seks selskap) viste eit samla underskot på 18 millionar kroner i 2003, mot eit underskot på 114 millionar i 2002. Berre eitt selskap hadde overskot i 2003. Samla premieinntekter var på 4,8 milliardar kroner i 2003, mot 4,2 milliardar i 2002. Samla forvalta kapital i fondsforsikringsselskapa auka med 45 prosent i 2003 til 18,7 milliardar kroner ved utgangen av året. Av samla forvalta kapital var 45 prosent plasserte i aksjar og partar, mot 39 prosent eitt år tidlegare. Det er forsikringskundane som sit med risikoen av aksjeinvesteringane i desse selskapa. Plasseringa i obligasjonar og sertifikat utgjorde 22 prosent av forvalta kapital, mot 26 prosent ved utgangen av 2002. Fondsforsikringsselskapa hadde i gjennomsnitt ei kapitaldekning på 15 prosent, og alle selskapa tilfredstilte kravet til kapitaldekning på 8 prosent.
Skadeforsikringsselskapa (42 selskap) hadde i 2003 eit samla overskot i resultat av ordinær verksemd på 5,6 milliardar kroner, som svarer til 24,7 prosent av premieinntekter for eiga rekning. I 2002 hadde dei same selskapa eit underskot på 1,3 milliardar kroner. Auka inntekter frå verdipapir, saman med betring i lønnsemda, har medverka til betringa i resultatet. Av dei 42 selskapa i utvalet hadde fem selskap rekneskapsmessig underskot i 2003.
Skadeforsikringsmarknaden er dominert av dei fire største skadeforsikringsselskapa, If Skadeforsikring NUF, Gjensidige NOR Forsikringsgruppen, Vesta Skadekonsern og SpareBank 1 Skadeforsikring. Den norske filialen av If er under tilsyn av den svenske Finansinspektionen, og har dermed ikkje ordinær rapporteringsplikt til Kredittilsynet. Dei tre største skadeforsikringsselskapa, når ein ser bort frå If Skadeforsikring, hadde eit resultat av ordinær verksemd på 3,4 milliardar kroner, mot eit underskot på 1,2 milliardar kroner i 2002. Betringa i resultat kjem i hovudsak av ein kraftig auke i finansinntekter i høve til 2002, men også det tekniske resultat viste ei klar betring. Dei høge finansinntektene reflekterer ein auke i verdiar i behaldninga av obligasjonar som følgje av nedgangen i renta, og oppgangen i aksjemarknaden i 2003. Betringa i teknisk resultat blei noko dempa som følgje av noko lågare overføringar frå ikkje-teknisk rekneskap til teknisk rekneskap.
Resultata for 2003 viste ein framleis høg premievekst, også større enn veksten i erstatningskostnader og driftskostnader. Dette førte til ei markant betring i skadeprosenten (erstatningskostnader i prosent av premieinntekter for eiga rekning) og i kostnadsprosenten (forsikringsrelaterte driftskostnader i prosent av premieinntekter for eiga rekning). For dei tre konserna samla fall skadeprosenten frå 81,4 prosent i 2002 til 79,0 prosent i 2003. Kostnadsprosenten fall i same tidsrom frå 24,3 prosent til 22,6 prosent.
Den samla forvalta kapitalen i dei tre største skadeforsikringskonserna var 49,2 milliardar kroner ved utgangen av 2003. Dette er 21,1 prosent høgare enn ved utgangen av 2002. Plasseringar i kortsiktige aksjar og fondsdelar utgjorde 6,4 prosent av samla forvalta kapital, noko som er ein auke frå 3,8 prosent ved utgangen av 2002.
Alle konserna tilfredstilte minstekrava til forsikringstekniske avsetningar ved utgangen av 2003. Totale forsikringstekniske avsetningar var 32,1 milliardar kroner, ein auke på 3,9 prosent i høve til utgangen av 2002. I same periode har dekningsprosenten (dei faktiske avsetningane i prosent av minstekrav) auka frå 106,3 prosent til 106,9 prosent.
Den samla ansvarlege kapitalen i dei tre skadeforsikringskonserna utgjorde 6,7 milliardar kroner ved utgangen av 2003, mot 2,8 milliardar ved utgangen av 2002. Den sterke auken reflekterer i hovudsak dei gode resultata i 2003.
Tabell 2.4 Resultatpostar for dei tre skadeforsikringskonserna samla. Millionar kroner og i prosent av premieinntekter for eiga rekning (f.e.r.)
2003 | 2002 | |||
---|---|---|---|---|
Mill. kroner | I prosent | Mill. kroner | I prosent | |
Premieinntekter f.e.r. | 18 747 | 16 326 | ||
Pådregne skadar f.e.r. | 14 807 | 79,0 | 13 286 | 81,4 |
Forsikringsrelaterte driftskostnader f.e.r. | 4 241 | 22,6 | 3 963 | 24,3 |
Teknisk resultat | 5 | 0,0 | -276 | -1,7 |
Netto finansinntekter | 4 783 | 25,5 | 1 048 | 6,4 |
Resultat av ordinær verksemd | 3 431 | 18,3 | -1 175 | -7,2 |
Pensjonskassene (eit utval sett saman av 12 private pensjonskasser og 7 kommunale pensjonskasser, med ein samla marknadsdel på om lag 80 prosent) hadde ei klar betring i resultata i 2003 samanlikna med 2002. Fleire av dei store pensjonskassene unngjekk eit stort nedsal i aksjar i 2002, og gjekk dermed inn i 2003 med ein monaleg aksjedel i balansen. Pensjonskassene hadde ei samla verdijustert kapitalavkastning på 13,2 prosent i 2003, mot minus 3,3 prosent i 2002. Dei private pensjonskassene hadde ei høgare avkastning enn dei kommunale pensjonskassene.
Dei private pensjonskassene hadde ein aksjedel i balansen på 24,5 prosent ved utgangen av 2003, mens dei kommunale pensjonskassene sin aksjedel var 12,0 prosent på same tid. Utviklinga i aksjemarknadene medverka til å auke selskapa sin bufferkapital som ved utgangen av 2003 var på 11,9 milliardar kroner, ein auke på 4,6 milliardar kroner i 2003. Ved utgangen av 2003 hadde pensjonskassene i gjennomsnitt ei kapitaldekning på 13,7 prosent. Alle selskapa tilfredsstilte kapitaldekningskravet.
2.2.3 Finansieringsføretak
Finansieringsselskapa (18 selskap) hadde eit resultat av ordinær verksemd før skatt på 1,3 milliardar kroner, tilsvarande 1,86 prosent av gjennomsnittleg forvalta kapital. Lågare rentenivå medverka til lågare fundingkostnader, slik at netto renteinntekter auka monaleg samanlikna med same periode i fjor. Tap på utlån auka i 2003, og utgjorde 0,92 prosent av forvalta kapital. Selskapa hadde ein vekst i utlån på 12,1 prosent siste år. Samla hadde finansieringsselskap ei kjernekapitaldekning på 9,3 prosent ved utgangen av 2003, om lag uendra frå året før.
Kredittføretaka hadde eit resultat av ordinær verksemd på 1,5 milliardar kroner i 2003, som utgjorde 0,51 prosent av gjennomsnittleg forvalta kapital. I forhold til forvalta kapital var resultatet til kredittføretaka tilnærma uendra frå året før. Framleis låge tap på utlån og auka inntekter frå verdipapir motsvara ein svak nedgang i netto renteinntekter. Kredittføretaka hadde ein vekst i utlån på 15,0 prosent i 2003. Samla hadde kredittføretaka ein kjernekapitaldekning på 9,7 prosent, mot 10,4 prosent ved utgangen av 2002.
2.2.4 Verdipapirhandel
Verdipapirføretaka som ikkje er bankar, oppnådde eit driftsresultat på til saman 1 008 millionar kroner i 2003, noko som er ein auke på 696 millionar kroner (223 prosent) i høve til 2002. Denne betringa kjem både av auka driftsinntekter og av reduserte driftskostnader.
Driftsinntektene for verdipapirføretaka som ikkje er bankar, blei 3 879 millionar kroner i 2003. Dette er ein auke på 574 millionar kroner (17 prosent) frå 2002. Samstundes gjekk driftskostnadene ned med 121 millionar kroner (4 prosent) frå 2002 til 2003. Inntektene frå mekling av eigenkapital- og gjeldsinstrument (sum kurtasjehandel og nettohandel) blei 1 240 millionar kroner i 2003 for desse verdipapirføretaka. Dette er ein auke på 94 millionar kroner (8 prosent) frå 2002. Emisjons- og rådgivingsverksemda gav verdipapirføretaka som ikkje er bankar, inntekter på 914 millionar kroner i 2003. Dette er ein oppgang på 132 millionar kroner (17 prosent) frå 2002. Inntektene frå aktiv forvaltning blei 1006 millionar kroner i 2003. Dette er 218 millionar kroner (28 prosent) meir enn i 2002. I løpet av 2003 auka kapitalen under aktiv forvaltning frå 473 til 639 milliardar kroner.
Driftsinntektene for verdipapirføretak som er bankar, blei til saman 3 082 millionar kroner i 2003. Dette er ein reduksjon på 25 millionar kroner (1 prosent) samanlikna med 2002. Bankane sine inntekter frå investeringstenesteverksemda er i stor grad knytte til handel i gjeldsinstrument og valuta (både underliggjande og derivat). Verdipapirføretaka som er bankar, hadde netto inntekter på til saman 960 millionar kroner frå eigenhandel («market making«) i eigenkapital- og gjeldsinstrument i 2003. Dette er ein auke på 225 millionar kroner (31 prosent) frå 2002. Handel med andre finansielle instrument (medrekna valutaderivat) gav desse verdipapirføretaka samla ein netto gevinst på 620 millionar kroner i 2003. Samanlikna med 2002 er dette ein auke på 639 millionar kroner. Andre inntekter frå investerings- og tilleggstenester (medrekna spothandel i valuta) blei 887 millionar kroner i 2003. Dette er 1 1059 millionar kroner (54 prosent) lågare enn i 2002.
Forvaltningskapitalen i norskregistrerte verdipapirfond var 146,6 milliardar kroner ved utgangen av året. Dette er ein auke på 39,3 milliardar kroner samanlikna med utgangen av 2002. Positiv avkastning på investerte midlar var 21,4 milliardar kroner i 2003. Aksjefonda hadde den sterkaste auken i forvaltningskapitalen i 2003 med ein auke på 24,8 milliardar kroner. Ved utgangen av 2003 var det i underkant av 2,2 millionar deleigarar i norskregistrerte verdipapirfond, mens det eitt år tidlegare var i underkant av 2,3 millionar deleigarar. Ein einskild investor kan på den andre sida vere deleigar i fleire ulike verdipapirfond.
2.3 Strukturen i den norske finansmarknaden
Den samla forvaltningskapitalen i den norske finansmarknaden, medrekna dotterselskap og filialar i Noreg med utanlandske eigarar, var ved utgangen av 2003 på 2871 milliardar kroner. Etter samanslåinga av DnB og Gjensidige NOR er det no tre store blanda finanskonsern med norske eigarar. Dei to andre er Sparebank 1 Gruppen og Storebrand. Medrekna verksemder som er knytte til desse tre store norskåtte blanda finanskonserna gjennom eigarskap og strategiske samarbeidsavtalar, utgjorde dei tre norskåtte konserna 49,2 prosent av forvaltningskapitalen i den norske finansmarknaden. Verksemda til det svenske Nordea-konsernet gjennom dotterselskap i Noreg utgjorde i 2003 10,6 prosent av forvaltningskapitalen i den norske finansmarknaden.
Storleiken på bankmarknaden kan illustrerast gjennom samla brutto utlån. Medrekna dotterselskap og filialar i Noreg med utanlandske eigarar var samla brutto utlån på 1249 milliardar kroner ved utgangen av 2003. Det var ved utgangen av 2003 15 forretningsbankar og 128 sparebankar i den norske marknaden. I tillegg var det 8 filialar av utanlandske bankar. DnB, Gjensidige NOR og Nordea Bank Norge stod ved utgangen av 2003 for om lag 51,2 prosent av samla brutto utlån. DnB og Gjensidige NOR fusjonerte bankane sine den 19. januar 2004, til DnB NOR Bank. Bankar med utanlandske eigarar 3 hadde ved utgangen av 2003 ein marknadsdel på 21,7 prosent målt ved brutto utlån til kundar.
Ved utgangen av 2003 var det sju tradisjonelle livsforsikringsselskap i Noreg, med ein samla forvaltningskapital på nær 414 milliardar kroner. I tillegg hadde seks selskap konsesjon til å tilby livsforsikring med investeringsval. Dei fire største livsforsikringsselskapa (KLP, Storebrand, Vital og Gjensidige NOR) stod for 86,1 prosent av samla forvaltningskapital.
Det var i 2003 totalt 46 skadeselskap i den norske skadeforsikringsmarknaden. Dei tre største (If, Gjensidige Nor og Vesta) stod ved utgangen av 2003 for 69 prosent av marknaden målt i brutto premieinntekter. Utanlandsfilialen If var med 26,2 prosent av marknaden den største av aktørane.
2.4 Marknadsrisiko
Marknadsrisiko er risiko for økonomisk tap (eller gevinst) på finansielle formuesgode som aksjar, obligasjonar og valuta som følgje av endra verdsetjing i marknadene. Finansinstitusjonane plasserer midlar i verdipapirmarknadene, og resultata deira blir derfor påverka av kursendringar.
Aksjekursane fall kraftig gjennom 2002 og heldt fram med å falle i byrjinga av 2003. Frå første kvartal 2003 har det vore oppgang i dei internasjonale verdipapirmarknadene. Stigninga på Oslo Børs har vore høgare enn på børsane i USA og Storbritannia. Hovudindeksen på Oslo Børs steig i løpet av 2003 med 48 prosent, mens FTSEs verdsindeks steig med 31 prosent. Frå 1. januar 2004 til 31. mars 2004 har hovudindeksen og verdsindeksen stige med høvesvis 13 og 3 prosent.
Noregs Banks styringsrente blei kutta med til saman 4,25 prosentpoeng i 2003. Nedgangen i styringsrenta i Noreg var sterkare enn nedgangen internasjonalt i 2003. Lågare rentedifferanse medverka til at kronekursen svekte seg med 11 prosent handelsvege gjennom året. Frå årsskiftet og fram til utgangen av mars blei styringsrenta kutta med ytterlegare 0,5 prosentpoeng. Noregs Banks rentesetjing er nærmare omtala i kapittel 5.2. I motsetnad til USA og euro-området fall dei lange rentene i Noreg gjennom heile 2003. Det sterke fallet i lange renter blir gjenspegla i ei stigning i marknadsverdi på renteberande fordringar som obligasjonar. I andrehandsmarknaden auka omsetninga av obligasjonar gjennom 2003 med 44 prosent.
I visse høve, til dømes ved livsforsikring med investeringsval for kunden, er finansinstitusjonen lite utsett for marknadsrisiko jamvel om investeringane er store. Av norske finansinstitusjonar er det særleg dei tradisjonelle livsforsikringsselskapa som er eksponerte for marknadsrisiko. Livselskapa er eksponerte for marknadsrisiko gjennom plasseringar både i aksjar og renteberande fordringar. Som nærmare omtala under punkt 2.2.2 har marknadsutviklinga i 2003 samla sett vore positiv for resultata til livselskapa. Også skadeforsikringsselskapa investerer ein stor del av forvaltningskapitalen i verdipapirmarknadene, og har det siste året hatt monalege gevinstar på plasseringane sine. Bankane skil seg ut ved at dei berre plasserer ein liten del av forvaltningskapitalen sin i verdipapir, og då først og fremst i obligasjonar. Som omtala i neste avsnitt er bankane også indirekte påverka av utviklinga i marknadene for verdipapir og andre formuesgode, mellom anna gjennom utviklinga i dei panteverdiane bankane har som sikring for utlåna sine.
2.5 Kredittrisiko
Nær sagt alle fordringar inneber ein risiko for at låntakar har utilstrekkeleg evne eller vilje til å møte pliktene sine. Også forsikringsselskapa er derfor eksponerte for kredittrisiko gjennom plasseringane sine i sertifikat og obligasjonar. I dette avsnittet skal det likevel særleg handle om bankane sin kredittrisiko, knytt til vanlege utlån til hushald og føretak. Endringar i denne kredittrisikoen heng saman med den økonomiske stillinga til hushalda og føretaka, som i sin tur blir påverka av konjunkturane. Samla innanlandsk kreditt til hushald og ikkje-finansielle føretak (K2) auka i 2003 med 7,9 prosent, ein noko svakare vekst enn i dei føregåande åra. Det er særleg kredittveksten til føretaka som har blitt redusert, og veksten låg i 2003 på 2,9 prosent. Årsveksten i innanlandsk kreditt til hushalda fall svakt frå 11,2 prosent i 2002 til 10,4 prosent i 2003. Nivået på kredittveksten til hushalda har vore høgt sidan 2000. Veksten i kreditt til hushalda steig i siste halvdel av 2003, noko som må sjåast i samanheng med oppgangen i prisane på bustader.
2.5.1 Kredittrisiko ved lån til hushalda
Utlån til hushalda utgjer to tredelar av brutto utlån til publikum 4 , og kan derfor potensielt utgjere ein monaleg kredittrisiko for norske bankar. Ser ein i første omgang bort ifrå eventuell sikring av utlån i form av pant, er kredittrisikoen avhengig av hushalda si vilje og evne til å betale renta og til å nedbetale lån som avtalt. For dei fleste hushalda er det arbeidsinntekta som skal dekkje lånekostnadene. I periodar med aukande arbeidsløyse opplever fleire hushald at inntekta fell, og at det blir tungt å betale ned låna. Sjølv om bankane tek ein margin for å dekkje kredittrisiko, kan uventa og brå endringar til dømes i arbeidsløyse utgjere ein trugsel mot bankane si inntening. Ifølgje SSB si arbeidskraftundersøking (AKU) auka arbeidsløysa fram mot sommaren i 2003. Seinare har det vore ein viss nedgang i arbeidsløysa. Denne utviklinga i arbeidsløysa utgjer ikkje ein trugsel mot den finansielle stabiliteten.
Gjelds- og rentebelastninga er to omgrep som blir nytta til å beskrive låntakarane si gjeldsbyrde. Gjeldsbelastninga uttrykkjer forholdet mellom gjeld og disponibel inntekt. 5 Rentebelastninga uttrykkjer grovt sagt forholdet mellom renteutgifter etter skattefrådrag og inntekta. 6 For gitt inntekt vil høg kredittvekst føre til både auka gjeldsbelastning og auka rentebelastning. Dette er fordi også renteutgiftene aukar med auka gjeld. Sidan rentenivået har endra seg prosentvis meir enn gjelda dei siste åra, har rentebelastninga endra seg meir enn gjeldsbelastninga.
Ved utgangen av 2003 utgjorde hushalda si gjeld 148 prosent av disponibel inntekt. 7 Dette representerer ein auke på 29 prosentpoeng i løpet av dei siste fem åra, og syner at gjelda veks raskare enn den inntekta som skal nyttast til å dekkje gjelda. På den andre sida blir ein stadig minkande del av den disponible inntekta nytta til «naudsynt konsum». Utviklinga i den målte gjeldsbelastninga kan derfor gi eit noko overdrive bilete av utviklinga i den verkelege gjeldsbyrda.
Rentenedgangen frå utgangen av 2002 til utgangen av 2003 var så sterk at rentebelastninga til hushalda fall med nesten to prosentpoeng, trass i den monalege veksten i gjelda i same periode. Rentebelastninga er relativt låg for hushalda samla sett, og låg i desember 2003 på 5,4 prosent. Bankane sin kredittrisiko ved lån til hushalda ser derfor ut til å vere avgrensa på kort sikt. Samstundes er det store skilnader i gjelds- og rentebelastning mellom ulike grupper av hushald. Enkelte grupper av hushald har høg gjeld samanlikna med innteninga, og desse hushalda er spesielt utsette for betalingsproblem ved auka arbeidsløyse eller auka rentenivå.
Hovudtyngda av utlåna frå bankane til hushalda er gitt med pant i bustaden, noko som medverkar til å avgrense kredittrisikoen for bankane. Samstundes inneber dette at utviklinga i bustadprisane har ein direkte innverknad på kredittrisikoen til bankane. Skilnaden mellom verdien på bustaden og storleiken på lånet er banken sin tryggleik for at verdien av pantet er tilstrekkeleg til å dekkje lånet ved eit fall i bustadprisane. Boliglånsundersøkelsen 2004 8 syner at utlåna frå bankane med belåningsgrad over 100 prosent av bustadverdien auka frå 9,5 til 13,3 prosent frå mars til november 2003. Prosentane er berekna ut frå talet på lån, ikkje ut frå låneverdi. Lån med belåningsgrad mellom 80 og 100 prosent av verdigrunnlaget auka i same periode frå 20,5 til 27,5 prosent.
I Noreg eig ein stor del av hushalda sin eigen bustad. Fordi endringar i bustadprisar i monaleg grad påverkar nettoformuen til hushalda, kan truleg også forbruket bli påverka av endringar i bustadprisane. Eit fall i bustadprisane kan medverke til eit allment fall i etterspørsla i samfunnet, og dermed også eit fall i salsinntektene til føretaka. Fordi føretaka nyttar salsinntekter til å dekkje lånekostnader, kan eit bustadprisfall såleis gi bankane auka tap på utlån til føretaka.
2.5.2 Kredittrisiko ved lån til ikkje-finansielle føretak
Årsveksten i innanlands kreditt til dei ikkje-finansielle føretaka var i 2003 nede på 2,9 prosent. Den låge veksten har samanheng med låge investeringar i fastlandsføretaka. Investeringane i fastlandsføretaka fall med 7 prosent frå 2002 til 2003. Utviklinga mot slutten av 2003 var på den andre sida meir positiv med ein auke i investeringane på over 3 prosent frå tredje til fjerde kvartal. Det relativt kraftige rentefallet gjennom 2003 gjer det generelt lettare for føretaka å bere gjelda. Tal frå Kredittilsynet kan tyde på at bankane no i større grad enn tidlegare krev ulik rente av føretak med høg og låg kredittrisiko.
Fallet i kronekursen i 2003 medverka til betra konkurranseevne for eksportretta føretak. Eksportvolumet av tradisjonelle varer auka med 2,5 prosent frå 2002 til 2003. Trass i betra konkurranseevne auka talet på konkursar med om lag 17 prosent frå 2002 til 2003. Auken kom i første halvår, mens ein i andre halvår hadde ein nedgang i talet på konkursar.
På liknande vis som for hushalda kan ein berekne gjelds 9 - og rentebelastninga 10 til føretaka. Gjelds- og rentebelastninga har falle med høvesvis 3,2 og 11,5 prosent frå 2002 til 2003 11 , etter å ha vore stigande sidan 1995.
Den vidare utviklinga i bankane sin kredittrisiko knytt til utlån til føretakssektoren er primært avhengig av føretaka si inntektsutvikling og av utviklinga i renta. Desse forholda er i sin tur nær knytte til den generelle konjunkturutviklinga.
Veksttakta i Noreg sin økonomi tok seg klart opp gjennom andre halvår 2003. Tilgjengeleg statistikk tyder på at oppsvinget har halde fram inn i 2004. Føretaka har i denne tida hatt fordel av den låge renta, både direkte gjennom reduserte lånekostnader og indirekte gjennom auka etterspørsel etter varene og tenestene dei tilbyr. Om konjunkturoppgangen vil halde fram, er avhengig både av nasjonale og internasjonale forhold.
Kredittrisikoen til bankane synest på mellomlang sikt først og fremst å vere knytt til einskilde næringar. Undersøkingar Kredittilsynet har gjort av bankane sine eksponeringar, kan tyde på at særleg oppdrett og klekkeri, og dessutan eigedomsdrift og shipping, inneber ein monaleg kredittrisiko. Som følgje av høg gjeldsdel og relativt svak lønnsemd i eigedomsføretaka kan risikoen knytt til delar av eigedomsnæringa vere relativt høg.
2.6 Likviditetsrisiko
Bankane finansierer i hovudsak utlåna sine med kundeinnskot, eigenkapital, obligasjonar, sertifikat og innlån frå finansinstitusjonar (interbankmarknaden). Mens kundeinnskot og obligasjonar blir rekna som forholdsvis stabile finansieringskjelder, er sertifikat og innlån frå finansinstitusjonar normalt kortsiktige finansieringskjelder som kan vere meir ustabile. At bankane for ein del nyttar kortsiktig finansiering til langsiktige utlån, utset dei for likviditetsrisiko. Likviditetsrisiko er risikoen for at ein finansinstitusjon ikkje klarer å realisere aktiva etter som pliktene forfell, eller at det oppstår vesentlege ekstraomkostningar i form av for eksempel prisfall på aktiva som må realiserast. Likviditetsrisikoen heng såleis saman med forhold både på aktiva- og passivasida i balansen.
Innskotsdekninga 12 har falle i dei fleste grupper av bankar i 2003. Dette kan ha samanheng med at den låge renta har auka etterspurnaden etter lån og redusert viljen til å gjere innskot. Redusert innskotsfinansiering har hovudsakleg blitt erstatta med auka obligasjonsfinansiering, slik at den samla likviditetsrisikoen til bankane er lite endra. For bankane samla blir likviditetsrisikoen på kort sikt vurdert som ganske låg, mellom anna fordi den kortsiktige utanlandsfinansieringa har blitt redusert. Det finst likevel store skilnader bankane imellom. Det er òg generelt vanskeleg å vurdere korleis likviditetsrisikoen kan kome til å utvikle seg framover. Kredittilsynet følgjer likviditetsutviklinga gjennom inspeksjonar i einskilde mellomstore og mindre bankar der risikoen blir rekna som høg. Eit fleirtal av dei bankane som hadde problem hausten 2002, synest no å ha lettare tilgang på finansiering.
2.7 Risiko i betalingssystema
Risikoen i betalingssystemet består av fleire ulike former for risiko, mellom anna kredittrisiko, likviditetsrisiko og operasjonell risiko. Operasjonell risiko er risikoen for tap som følgje av utilstrekkelege eller sviktande interne prosessar, menneskelege feil, systemfeil eller på grunn av eksterne hendingar.
Den norske krona blei i september 2003 inkludert i CLS, som er eit internasjonalt avreknings- og oppgjerssystem for valutahandel. Gjennom CLS er kredittrisikoen i valutaoppgjeret fjerna ved såkalla «payment versus payment». Samla sett er det også rimeleg å tru at likviditetsrisikoen til bankane er blitt lågare. Den operasjonelle risikoen kan derimot ha auka noko, og det er derfor lagt mykje vekt på operasjonell stabilitet i CLS og hos dei tilknytte aktørane.
Operasjonell risiko kan òg vere eit problem i det innanlandske betalingssystemet. Etablering av ein felles infrastruktur for bankane aukar konsekvensane av eit eventuelt driftsavbrot. Samstundes kan det truleg byggjast inn ei særskilt høg sikring for stabil drift i ein felles infrastruktur. Utkontrahering av IT-verksemd til ei avgrensa gruppe IT-leverandørar kan ha liknande verknader. Betalingssystema og utviklinga på dette området det siste året er nærmare behandla i kapittel 5 om verksemda i Noregs Bank i 2003.
2.8 Avsluttande merknader
Finansdepartementet vurderer den finansielle stabiliteten som noko styrkt etter at Kredittmeldinga 2002 blei lagd fram i oktober 2003. Bankane er samla sett relativt godt kapitaliserte, og er med normal inntening i stand til å ta monalege tap før soliditeten er truga. Bankane oppnådde eit betre resultat i 2003 enn året før, men resultatet var likevel svakare enn i 2001. Både den totale kapitaldekninga og kjernekapitaldekning i bankane auka svakt frå 2002. Vidare blei utlånstapa noko reduserte i 2003 i forhold til 2002. Rentenedgangen i 2003 førte til press på bankane sine rentemarginar, og netto renteinntekter blei reduserte samanlikna med året før.
Veksten i bankane sin kreditt til hushalda, har vore høg over fleire år, og står ikkje i forhold til veksten i inntektene til hushalda. Gjeldsbelastninga har derfor auka monaleg dei siste åra, særleg i visse grupper av hushald. Auken i gjeldsbelastning gjer at ein renteauke vil ha større innverknad på hushaldsøkonomien. Rentebelastninga er kraftig redusert som følgje av rentereduksjonane, noko som medverkar til redusert kredittrisiko knytt til lån til hushalda på kort sikt. Ved ein eventuell renteauke kan belastninga likevel auke igjen, og det er derfor viktig at kvart einskilt hushald har noko å gå på når dei tek opp lån, som sikring mot uventa renteauke og inntektsfall. At bankane har auka den delen av utlåna der lånebeløpet er høgare enn bustadverdien, medverkar til å auke kredittrisikoen knytt til lån til hushalda.
Veksten i gjelda til føretaka er relativt låg, noko som har medverka til redusert gjeldsbelastning. Rentebelastninga har blitt redusert som følgje av lågare rente og låg gjeldsvekst. Lågare gjelds- og rentebelastning trekkjer saman med ei betring i konjunktursituasjonen i retning av redusert kredittrisiko i samband med lån til føretaka. Utviklinga i føretakssektoren, og dermed også kredittrisikoen knytt til lån til denne sektoren, heng tett saman med utviklinga i hushaldssektoren ettersom innteninga er avhengig av etterspurnaden til hushalda.
Rekna som del av forvaltningskapitalen har bufferkapitalen til livsforsikringsselskapa auka frå utgangen av 2002 til utgangen av 2003. Auken i bufferkapital heng saman med den positive utviklinga i verdipapirmarknaden. Trass i at bufferkapitalen utgjer ein større del av forvaltningskapitalen, har kapitaldekninga falle i same periode. Kapitaldekninga er likevel relativt god.
Renteendringar verkar annleis for livsforsikringsselskap enn for bankar. Rentereduksjonar inneber at marknadsverdien av obligasjonane til livsforsikringsselskapa aukar. Lågare rente inneber på den andre sida at livselskapa oppnår lågare avkastning når dei investerer midlar på nytt i marknaden, slik at låge renter på lang sikt kan gjere det vanskeleg for livsforsikringsselskapa å oppfylle rentegarantien. Som følgje av redusert marknadsrente har Finansdepartementet redusert den høgaste avkastninga som livselskapa kan garantere for framtidige innbetalingar, til 3 prosent.
Livsforsikringsselskapa er òg eksponerte for marknadsrisiko som følgje av at delar av forvaltningskapitalen blir investert i aksjar. Kursane har svinga sterkt dei seinare åra, og ein kan ikkje utelukke høg volatilitet også framover. På same måte som i førre Kredittmelding vil departementet understreke kor viktig det er at livsforsikringsselskapa tilpassar risikoen knytt til kapitalplasseringane til soliditetssituasjonen. Dei gode resultata i 2003 har medverka til at livsforsikringsselskapa går inn i 2004 med ein høgare bufferkapital enn det dei hadde ved inngangen til 2003. Auka bufferkapital set selskapa i stand til å auke aksjedelen av forvaltningskapitalen.
Boks 2.1 Basel II – endringar i kapitaldekningsregelverket
Bankane si evne til å stå imot tap er viktig for å sikre finansiell stabilitet. Gjennom kapitaldekningsregelverket 13 er bankane pålagde minstekrav til ansvarleg kapital for den risikoen dei tek på seg. Gjeldande reglar stiller kapitalkrav for både kredittrisiko og marknadsrisiko. (Sjå nærmare omtale av kapitaldekningsregelverket i Kredittmeldinga 2001.)
Store endringar har skjedd i banknæringa dei siste åra, og har, slik mange ser det, skapt eit behov for å endre dagens kapitaldekningsregelverk. Basel-komiteen for banktilsyn 14 har sidan 1998 arbeidd med å revidere retningslinjene sine, som ligg til grunn for utforminga av kapitaldekningsregelverket. Dei nye retningslinjene vil innebere ei vesentleg endring av gjeldande Capital Accord frå 1988, som er ein harmonisert internasjonal standard for kapitaldekningsreglar for bankar. Det er venta at dei nye retningslinjene frå Basel-komiteen blir vedtekne i løpet av første halvår 2004. Parallelt med dette arbeider EU-kommisjonen med å utarbeide forslag til reviderte kapitaldekningsdirektiv for EU-landa. Desse direktivforslaga er baserte på retningslinjene frå Basel-komiteen. Både Basel-komiteen og EU-kommisjonen legg opp til at dei nye kapitaldekningsreglane skal tre i kraft ved utgangen av 2006. EU-direktiva vil bli gjennomførte i norsk rett som ein del av EØS-forpliktingane.
Rammeverket frå Basel-komiteen er sett saman av tre pilarar som er meinte å forsterke kvarandre gjensidig for å fremme finansiell stabilitet. Pilar 1 inneheld dei tekniske berekningane, og definerer minimumskravet til ansvarleg kapital. Pilar II omhandlar tilsynet med bankane sin risiko og det samla kapitalbehovet til bankane, mens pilar III inneheld reglar om informasjon som bankane skal gjere offentleg tilgjengeleg.
Dei nye reglane for berekning av kapitalkrav for kredittrisiko skal vere meir fintmålande for risiko enn dagens krav, slik at kapitalkravet til kvar enkelt institusjon betre skal samsvare med underliggjande risiko i institusjonen.
Institusjonen skal kunne berekne kapitalkrav for kredittrisiko etter to alternative metodar: standardmetoden eller internrating-metoden. Standardmetoden byggjer i stor grad på gjeldande regelverk. Internrating-metoden legg til grunn dei vurderingane institusjonane sjølve har av kredittrisiko, og skil mellom grunnleggjande og avansert metode.
I det nye rammeverket blir det innført eit eksplisitt kapitalkrav for operasjonell risiko. Kapitalkravet for operasjonell risiko skil òg mellom enkle og meir sofistikerte metodar. Endringane i regelverket får i avgrensa grad følgjer for kapitalkravet for marknadsrisiko.
Under pilar II får styresmaktene som overvakar institusjonane, dessutan utvida moglegheiter til å setje kapitalkrav ut over dei kalkulerte kapitalkrava. Informasjonskrava under pilar III skal medverke til å styrkje marknadsdisiplinen.
Boks 2.2 Basel II – moglege konsekvensar av nye kapitaldekningsreglar
Basel-komiteen har gjennomført berekningsstudiar for å kartleggje kva for verknader dei nye retningslinjene har på kapitalkravet. I den siste kartlegginga (Quantitative Impact Study 3 – QIS3) deltok 365 bankar frå 43 land. Frå Noreg deltok DnB, Gjensidige NOR Sparebank, Nordea Bank Norge og Fokus Bank. Kartleggingsresultata for dei norske bankane er ikkje offentlege, men resultata for EU-landa går fram av figurane ovanfor.
Fotnotar
Avkastning på gjennomsnittleg eigarkapital = resultat/((IB eigarkapital + UB eigarkapital)/2)
Netto renteinntekter er differansen mellom renteinntekter og rentekostnader
Dette inkluderer både dotterselskap og filialar.
Utlån til publikum inkluderer utlån til ikkje-finansielle føretak, utlån til hushald og til kommunar.
Gjeldsbelastning = (Lånegjeld / Disponibel inntekt)* 100
Rentebelastning = (Renteutgifter *(1– marginal skattesats))/((Disponibel inntekt + renteutgifter)*100)
Tala frå 2003 byggjer delvis på framskrivingar for disponibel inntekt og renteutgifter. Desse tala er henta frå referansebana i siste inflasjonsrapportfrå Norges Bank
Kredittilsynet si årlege undersøking av bustadlån, mars 2004.
Gjeldsbelastning = Renteberande gjeld i ikkje-finansielle føretak i prosent av kontantoverskot ekskl. renteutgifter.
Rentebelastning = Renteutgifter i ikkje-finansielle føretak ekskl. olje og sjøfart i prosent av kontantoverskot.
Tala for 4. kvartal 2003 er anslag.
Innskotsdekning = Innskot frå ikkje-finansiell sektor i prosent av utlån.
Med kapitaldekning meiner ein ansvarleg kapital i prosent av dei ulike eignelutspostane og postar utanom balansen, etter at ein har vege desse etter den risikoen dei blir rekna for å representere.
Basel-komiteen er ein komité som blei etablert i 1974. Komiteen er sett saman av representantar frå sentralbankane og kontrollerande organ i medlemslanda. Representantane kjem frå Belgia, Canada, Frankrike, Tyskland, Italia, Japan, Luxemburg, Nederland, Spania, Sverige, Sveits, Storbritannia og USA. Denne komiteen møtest kvar tredje månad i Bank of International Settlements (BIS) i Basel. BIS er ein bank som sentralbankane til medlemslanda eig.
Nytt kapitalkrav er berekna under føresetnad av at porteføljen til bankane blir halden uendra.