St.meld. nr. 37 (2003-2004)

Kredittmeldinga 2003

Til innhaldsliste

6 Verksemda til Kredittilsynet i 2003

Kredittilsynet er det sentrale offentlege organet som fører tilsyn med at finansinstitusjonane innrettar seg etter dei rettslege rammevilkåra som til kvar tid gjeld for finansmarknaden. Mellom anna skal Kredittilsynet sjå til at lover og forskrifter blir følgde.

Kredittilsynet skal, ifølgje kredittilsynslova § 8 andre ledd, kvart år gi Finansdepartementet ei melding om verksemda. I meldinga omtalar Kredittilsynet organisatoriske forhold, rekneskap og generelle spørsmål knytte til tilsynsarbeidet. Vidare blir det gitt ein nærmare omtale av arbeidet innanfor dei ulike tilsynsområda. Årsmeldinga til Kredittilsynet følgjer denne meldinga som utrykt vedlegg.

Etter § 1 i kredittilsynslova har Kredittilsynet tilsyn med finansinstitusjonar, under dette forretnings- og sparebankar, livs- og skadeforsikringsselskap, private, kommunale og fylkeskommunale pensjonskasser og pensjonsfond, finansieringsføretak, forsikringsmeklarar, børsar og autoriserte marknadsplassar. Etter kredittilsynslova § 1 nr. 13, jf. verdipapirhandellova § 12-1, har Kredittilsynet ansvar for å føre tilsyn med verksemda til verdipapirføretak og oppgjerssentralar, og tilsyn med at reglane i verdipapirhandellova blir følgde. Det same gjeld kontrollen med eigedomsmeklarar etter eigedomsmeklarlova § 2-7, kontrollen med inkassoverksemd etter inkassolova § 24, kontrollen med forvaltning av verdipapirfond etter «lov om verdipapirfond» § 8-2, jf. kredittilsynslova § 1 nr. 15, tilsynet med revisorar og revisjonsselskap etter kredittilsynslova § 1 nr. 9, tilsynet med sjøtrygdelag, jf. kredittilsynslova § 1 nr. 11 og tilsynet med føretak som driv låneformidling, jf. kredittilsynslova § 1 nr. 7. Kredittilsynet fører tilsyn med rekneskapsførarar etter rekneskapsførarlova § 13. Kredittilsynet fører òg tilsyn med verksemder til filialar av kreditt- og andre finansinstitusjonar frå andre statar i dei høve slikt tilsyn ikkje blir ført av styresmaktene i heimlandet. Det blir dessutan ført tilsyn med filialar av norske finansinstitusjonar i utlandet.

Kredittilsynet skal etter lova sjå til at dei institusjonane det har tilsyn med, verkar på ein formålstenleg og trygg måte i samsvar med lover og føresegner og med det formålet og dei vedtektene som ligg til grunn for kvar einskild institusjon. For å utføre tilsynsoppgåvene skal Kredittilsynet granske rekneskap og andre oppgåver frå institusjonane og elles gjere dei undersøkingane om deira stilling og verksemd som Kredittilsynet finn naudsynt, jf. kredittilsynslova § 3.

Kredittilsynet blir leidd av eit styre på fem medlemmer, som er oppnemnde av Kongen for ein periode på fire år, jf. kredittilsynslova § 2 andre ledd. Ein ny periode starta 1. mars 2002.

Styret i Kredittilsynet har i 2003 vore samansett som vist i boks 6.1

Boks 6.1 Styret i Kredittilsynet i 2003

  • Sivilingeniør Finn Hvistendahl, leiar

  • Advokat Endre Skjørestad, nestleiar

  • Advokat Eli Aas, styremedlem

  • Professor Erling Steigum, styremedlem

  • Lagdommar Nina Mår, styremedlem

  • Tingrettsdommar Marianne Berg, første varamedlem

  • Avdelingsdirektør Lasse Ekeberg, andre varamedlem

  • Representantar for dei tilsette:

  • Rådgivar Ellen Jakobsen

  • Seniorrådgivar Lisbeth Strand

Noregs Bank har ein observatør i styret. Fagdirektør Henning Strand var observatør fram til 3. desember 2003 då han blei avløyst av direktør Birger Vikøren. Spesialrådgivar Thorvald Grung Moe har vore avløysar.

Om administrasjon og personale heiter det i årsmeldinga (s 11):

«Ved utgangen av 2003 var det 178 fast tilsatte i Kredittilsynet, mot 176 ved utgangen av 2002. Av de fast tilsatte er 46 prosent kvinner. Andelen tilsatte med høyere utdanning er 84 prosent.

Mens Kredittilsynet hadde 24 medarbeidere med god erfaring (normalt mer enn fem års arbeid) fra bransjene under tilsyn i 1995, var antallet 46 ved utgangen av 2003.»

Dei samla utgiftene til Kredittilsynet i 2003 var 134,8 millionar kroner, ein auke på 9,1 pst frå 2002. Utgiftene blir dekte ved innkrevjing frå dei tilsynspliktige.

Tabell 6.1 gir nokre sentrale tal for Kredittilsynet si tilsynsverksemd i 2003 og utviklinga frå 1998 og fram til i dag. Tabell 6.2 syner utviklinga i talet på saker som Kredittilsynet har behandla etter delegasjon frå Finansdepartementet i same periode.

Tabell 6.1 Talet på stadlege tilsyn fordelt etter type institusjon 1998–2003

  199819992000200120022003
Bank/finans1)4743425155532)
Holdingselskap000220
Forsikring1)1712171216192)
Forsikringsmeklarar243646
Pensjonskasser og -fond71312585
Verdipapirføretak1)252325202023
Andre verdipapir- institusjonar (inkl. forvaltningsselskap for verdipapirfond)1)1214210913
Eiendomsmeklarar276862607112
Inkassoføretak14765612
Revisorar8212880733219
Datasentralar1)130122
Rekneskapsførarar1) og3)47147624135

1) Talet på IT-tilsyn i 2003 i dei ulike bransjane fordeler seg slik: bank/finans (7), forsikring (1), verdipapirføretak (4) og andre verdipapirinstitusjonar (4), datasentralar (2) og rekneskapsførarar/rekneskapsførarselskap (4).

2) Av desse var 4 stadlege tilsyn i bankkonsern og 3 stadlege tilsyn i forsikring som blei gjennomførte i regi av den svenske Finansinspektionen med deltakarar frå Kredittilsynet.

3) Forvaltninga av autorisasjonsordninga for rekneskapsførarar blei overført til Kredittilsynet frå 1. januar 1999.

Tabell 6.2 Saker behandla etter delegasjon frå Finansdepartementet 1998–2003

  199819992000200120022003
Saker behandla etter sparebanklova454548285046
Saker behandla etter forretningsbanklova284529131221
Saker behandla etter finansierings-verksemdslova948169645953
Saker behandla etter forsikrings-verksemdslova957437373674
Saker behandla etter skattelova, delegasjon frå Sosialdepartementet etter TPES-reglane331910
Saker behandla etter banksikringslova200

Sjå Kredittilsynet si årsmelding for nærmare omtale av administrative tilhøve o.a. i Kredittilsynet. Årsmeldinga inneheld òg Kredittilsynet sitt syn på tilhøva i finansmarknaden og verksemder under tilsyn. Årsmeldinga frå Kredittilsynet følgjer som utrykt vedlegg til meldinga. Samstundes med årsmeldinga for 2003 la Kredittilsynet fram ein eigen rapport om «Tilstanden i finansmarkedet».

Til forsida