7 Verksemda til Folketrygdfondet i 2003
7.1 Innleiing
Stortinget fastsette 20. juni 1997 eit nytt regelverk for administrasjon av Folketrygdfondet og for forvaltning av midlane, revisjon o.a. i medhald av § 23-11 fjerde ledd i «lov av 28. februar 1997 nr. 19 om folketrygd». Det nye regelverket erstatta det regelverket som var fastsett av Stortinget 15. februar 1990 med seinare endringar, siste gongen 21. juni 1996. Ein erstatta det gamle regelverket av formelle grunnar, mellom anna på grunn av at lova om folketrygd var blitt endra. Etter reglane skal styret for fondet sende årsmelding og rekneskap til Finansdepartementet, som på si side legg fram melding for Stortinget. Årsmeldinga og rekneskapen for 2003 blei sende til departementet i brev av 29. mars 2004, og følgjer som utrykt vedlegg til denne meldinga.
Folketrygdfondet må utøve verksemda si i tråd med dei rettslege rammene som ligg til grunn. Fondet må for det første handle i samsvar med dei reglane som Stortinget har fastsett i «Reglement for Folketrygdfondet» av 20. juni 1997. For det andre er Folketrygdfondet også underlagt eventuelle nærare reglar og føresegner som er gitt av Kongen, med heimel i § 9 i reglementet. Denne kompetansen er i forskrift 17. januar 1992 og 21. juni 2002 delegert til Finansdepartementet. Av dette følgjer at Folketrygdfondet må handle innanfor dei rammene som både Stortinget og Finansdepartementet fastset.
7.2 Styre og administrasjon
I samsvar med regelverket for Folketrygdfondet forvaltar eit styre med ni medlemmer midlane til fondet. For kvar medlem skal det oppnemnast ein varamedlem. Samansetjinga av styret i 2003 er vist i boks 7.1.
Styremedlemmene og varamedlemmene blir oppnemnde av Kongen for fire år.
Boks 7.1 Styret i Folketrygdfondet frå 15. mai 2002
Rolf Sæther, Oslo (leiar)1)
Varamedlem: Trine-Lise Wilhelmsen, Oslo1)
Harald Ellefsen, Trondheim1)
Varamedlem: Monica Mæland, Bergen1)
Vibecke Groth, Oslo1)
Varamedlem: Karine Nyborg, Bærum1)
Linda Orvedal, Flåm1)
Varamedlem: Petter Bjerksund, Bergen1)
Oddvar Skaiaa, Grimstad1)
Varamedlem: Liv Skaaheim, Førde1)
Anne Breiby, Ålesund2)
Varamedlem: Ernst Wroldsen, Tønsberg2)
Tove Lehre, Lillehammer2)
Varamedlem: Roger Schjerva, Oslo3)
Per Arne Olsen, Tønsberg2)
Varamedlem: Terje Søviknes, Lysekloster2)
Anna Kristine Jahr Røine, Fetsund2)
Varamedlem: Ola Prestegarden, Tretten2)
1) Oppnemnd for perioden 15. mai 2002 – 15. mai 2006
2) Oppnemnd for perioden 30. juni 2000 – 30. juni 2004
3) Oppnemnd for perioden 27. april 2001 – 30. juni 2004
Ved utgangen av 2003 hadde fondet 24 tilsette. Dei samla administrasjons- og forvaltningskostnadene til fondet, medrekna husleige, løn, styrehonorar o.a., utgjorde 32,3 millionar kroner i 2003, som er 0,2 millionar kroner meir enn i 2002.
7.3 Reglar for plasseringsverksemda
Styret for Folketrygdfondet har ansvaret for forvaltinga av midlane til fondet innanfor dei retningslinjene som Stortinget har fastsett og eventuelle nærare retningslinjer som er gitt av Kongen i medhald av § 9 i regelverket til fondet.
§ 5 i regelverket for Folketrygdfondet lyder som følgjer:
«Styret har ansvaret for at fondets midler anbringes med sikte på best mulig avkasting under hensyntaken til betryggende sikkerhet og den nødvendige likviditet. Styret skal påse at det er etablert et betryggende risikostyringssystem for fondets forvaltning.
Fondets midler kan plasseres i norske ihendehaverobligasjoner og sertifikater, som kontolån til statskassen og som innskudd i Postbanken og forretnings- og sparebanker. Innenfor en ramme på 20 pst. av forvaltningskapitalen kan fondets midler plasseres i aksjer noterte på norsk børs eller på børs i Danmark, Finland eller Sverige, og, etter godkjenning fra Finansdepartementet, aksjer i norske selskaper ellers hvor aksjene er gjenstand for regelmessig og organisert omsetning, børsnoterte grunnfondsbevis i norske sparebanker, kredittforeninger og gjensidige forsikringsselskaper, og børsnoterte konvertible obligasjoner og børsnoterte obligasjoner med kjøpsrett til aksjer i norske selskaper. Plassering i aksjer notert på børs i Danmark, Finland eller Sverige må samlet ikke overstige 20 pst. av Folketrygdfondets ramme for aksjeplasseringer. Innenfor rammen for aksjeplasseringer kan fondet delta i emisjoner i ikke-børsnoterte aksjer i norske selskaper som har søkt eller har konkrete planer om å søke børsnotering. Selskapene skal være notert på den såkalte OTC-listen, som administreres av Norges Fondsmeglerforbund. Plassering i denne type aksjer kan ikke overstige 2,5 prosent av rammen for aksjeplasseringer.
Annet ledd er ikke til hinder for at Folketrygdfondet kan beholde aksjer i norsk selskap som i forbindelse med oppkjøp, fusjon el. endrer status til å bli utenlandsk selskap.
Fondet kan videre, innenfor den samlede rammen på 20 pst. av fondskapitalen, gå inn med egenkapitalinnskudd i form av ikke-børsnoterte papirer, i tilfelle hvor fondet står i fare for å lide betydelige tap på plasseringer i obligasjoner. Dette må i så fall være ledd i en koordinert aksjon, hvor en dominerende gruppe av kreditorene deltar, og hvor siktemålet for fondet alene er å trygge fondets egne interesser.
Folketrygdfondet kan eie andeler for inntil 15 pst. av total aksjekapital eller grunnfondsbeviskapital i ett enkelt selskap i Norge. Folketrygdfondet kan eie andeler for inntil 3,0 pst. av total aksjekapital i ett enkelt selskap i Danmark, Finland og Sverige. Styret kan ta opp kortsiktige lån dersom dette finnes hensiktsmessig.
Folketrygdfondet kan, etter nærmere retningslinjer fastsatt av Finansdepartementet, inngå salgs- og gjenkjøpsavtaler knyttet til egenkapitalinstrumenter og rentebærende instrumenter der erververen av instrumentene etter avtalen har plikt til å tilbakeføre disse til selger.»
Med heimel i § 9 har Finansdepartementet kvart år fastsett ramma for Folketrygdfondet sin auke i investeringane i private og kommunale obligasjonar og sertifikat (utan statsgaranti), bankinnskot og aksjar. Denne ordninga er endra frå 2004, jf. omtale i Nasjonalbudsjettet 2004. Endringa inneber at den årlege beløpsramma blir erstatta med ei maksimalgrense for Folketrygdfondet sine plasseringar i ikkje-statlige papir. Rammene er forutsett å vare over fleire år. I brev frå Finansdepartementet av 26. mars 2004 blei den maksimale ramma for plasseringane i ikkje-statlege papir frå 2004 sett til 35 prosent av kapitalen til fondet målt til bokført verdi per 31.desember.
Folketrygdfondet kan plassere fritt i første- og andrehandsmarknaden for norske statsobligasjonar, statssertifikat og statsgaranterte papir innanfor ein samla portefølje på inntil 5 milliardar kroner. Reglane for plasseringane i statspapir blei fastsette i brev frå Finansdepartementet 15. desember 1992. Dei andre plasseringane i denne gruppa skal som hovudregel vere kontolån til staten med vilkår knytta til underliggjande statslån. Etter kvart som den eksisterande porteføljen av statsobligasjonar, statssertifikat og statsgaranterte papir forfell, må den delen av denne porteføljen som overstig 5 milliardar kroner såleis replasserast som kontolån.
Styret i Folketrygdfondet har fastsett referanseporteføljar for totalporteføljen, for renteporteføljen og for dei to aksjeporteføljane (Noreg og resten av Norden). Styret i fondet fastset årleg risikorammer for den norske aksjeporteføljen, for den nordiske aksjeporteføljen, for renteporteføljen og for totalporteføljen for fondet.
7.4 Balansen til Folketrygdfondet i 2003
Kapitalen til Folketrygdfondet utgjorde 158,3 milliardar kroner ved utgangen av 2003.
Statsobligasjonar, statssertifikat og statsgaranterte obligasjonar og sertifikat (medrekna kontolån til statskassa knytte til underliggjande statslån) er hovudplasseringsforma til Folketrygdfondet. Ved utgangen av 2003 var 92,4 milliardar kroner plasserte i denne kategorien papir (rekna til kostpris). Dette svara til 66,3 prosent av dei samla plasseringane til fondet. Tilsvarande tal ved utgangen av 2002 var 86,8 milliardar kroner, som utgjorde 65,8 prosent av dei samla plasseringane. Bankinnskota var på 922 millionar kroner ved det siste årsskiftet. Marknadsverdien av dei samla plasseringane i renteberande papir utgjorde 123,8 milliardar kroner pr. 31. desember 2003, og fondet hadde ein urealisert kursgevinst på desse papira på 8,7 milliardar kroner.
Fondet sine plasseringar i private og kommunale obligasjonar og sertifikat utgjorde om lag 21,8 milliardar kroner ved utgangen av 2003, mot 22,7 milliardar kroner ved utgangen av 2002 (kostpris). Dette svara til 15,6 og 17,2 prosent av dei samla plasseringane.
Folketrygdfondet har frå juni 1991 hatt høve til å plassere i eigenkapitalinstrument i form av børsnoterte aksjar, grunnfondsbevis og konvertible obligasjonar, jamfør St.prp. nr. 69 (1990-91) og Innst. S. nr. 228 (1990-91). Den øvre ramma for plasseringar i aksjar er 20 prosent av forvaltningskapitalen til fondet. Øvre grense for eigenkapitalplasseringar var ved utgangen av 2003 på vel 28,6 milliardar kroner rekna på grunnlag av fondskapitalen rekna til kostpris medrekna opptente, ikkje utbetalte renter. Eigenkapitalplasseringane til fondet var på same tid på i alt 24,3 milliardar kroner (kostpris) fordelte på 40 selskap noterte på Oslo Børs og 26 selskap noterte på børs i Danmark, Finland og Sverige. Av dette utgjorde plasseringar i grunnfondsbevis 116,4 millionar kroner (kostpris). Eigenkapitalplasseringane svara til 17,4 prosent av dei samla plasseringane til fondet (rekna til kostpris). Plasseringane i eigenkapitalinstrument auka med 2,0 milliardar kroner (rekna til kostpris) frå utgangen av 2002 til utgangen av 2003.
Marknadsverdien av dei samla eigenkapitalplasseringane til fondet i form av aksjar, grunnfondsbevis og konvertible obligasjonar var ved utgangen av 2003 på 31,0 milliardar kroner. Fondet hadde såleis ein urealisert kursvinst på slike verdipapir på 6,7 milliardar kroner. Folketrygdfondet sine samla netto urealiserte kursgevinstar og opptente, ikkje forfalne renter utgjorde 15,4 milliardar kroner ved utgangen av 2003.
7.5 Resultatet til Folketrygdfondet i 2003
Resultatet til Folketrygdfondet (medrekna endring i urealiserte gevinstar) var på 22 198 millionar kroner i 2003. Dette svara til ein avkastingsrate på 16,2 prosent. Tilsvarande avkasting i 2002 var på 1,9 prosent. For den siste femårsperioden (1999 – 2003) har den gjennomsnittlege avkastingsrata vore 7,3 pst. for Folketrygdfondet si totalportefølje, noko som er 0,1 prosentpoeng høgare enn referanseporteføljen. Avkastinga på plasseringane til fondet i renteinstrument (obligasjonar, sertifikat og bankinnskot) var i 2003 på 11,1 prosent, noko som er 1,1 prosentpoeng lågare enn referanseporteføljen. Avkastinga på norske aksjar og grunnfondsbevis var på 47 prosent i 2003. Avkasting av aksjeplasseringar i resten av Norden var på 45,0 prosent.
Aksjeavkastinga i Noreg var 1,4 prosentpoeng lågare enn avkastinga til referanseindeksen for aksjeinvesteringane. Dette må sjåast i samanheng med investeringspolitikken til fondet i den norske aksjemarknaden som gjer at ein vil tendera mot å gjera det betre enn referanseindeksen i nedgangstider og noko svakare enn referanseindeksen i dei periodane kor kursoppgangen er særleg sterk. Ser ein over heile perioden 1999-2003 (5 år) hadde Folketrygdfondet ei gjennomsnittleg årleg avkastning på dei norske eigenkapitalplasseringane på 6,9 prosent, som er 2,6 prosentpoeng høgare enn referanseporteføljen.
Den norske aksjeporteføljen til Folketrygdfondet hadde ein relativ volatilitet i forhold til referanseporteføljen på 5,0 prosent i perioden 1999-2003 (5 år).
Samla renteinntekter i 2003 var 6 219 millionar kroner, medan motteke aksjeutbytte var på 831 millionar kroner. Fondet hadde gjennom året ein auke i urealiserte verdipapirgevinstar på 14 867 millionar kroner. Endringa i urealiserte gevinstar var delt i ein auke på 8 959 millionar kroner for aksjar og grunnfondsbevis og ein auke på 5 908 millionar kroner for dei resterande verdipapira.