St.meld. nr. 43 (1997-98)

Eksport av forsvarsmateriell frå Noreg 1997

Til innholdsfortegnelse

1 Samandrag

Regjeringa gjev med denne Stortingsmeldinga eit oversyn over norsk eksport av våpen, ammunisjon og anna militært materiell 1

for året 1997, basert på innrapportering frå eksportørane.

Eksportkontrollen for forsvarsmateriell vert utøvd med utgangspunkt i ei nasjonal vareliste (Liste I). Dei såkalla fleirbruksvarene, dvs. produkt som er sivile, men som også kan brukast militært, går fram av Liste II. Sistnemnde er basert på kontrollistene som vert utarbeidde i dei multilaterale eksportkontrollregima. Berre produkt på Liste I (forsvarsmateriell) er omfatta av tabellane i denne meldinga.

Norske eksportørar har sidan 1. januar 1996 vore pålagde å rapportere om eksport av forsvarsmateriell basert på innvilga eksportlisensar og løyve til å utføre tenester knytte til militært materiell som er omtala i Liste I. Oversyna i meldinga er baserte på oppgåver frå bedriftene om faktisk eksport, dvs. fakturerte sal i 1997 av forsvarsmateriell og tenester i tilknyting til slike varer. Utførsle av varer for demonstrasjon eller reparasjon, dvs. mellombels utførsle av varer som seinare skal gjeninnførast til Noreg, er ikkje med i tabellane. Det er òg gjeve eit oversyn over tenester som er utførte for utanlandske oppdragsgjevarar og over reparasjonar som er utførte for utanlandske eigarar etter løyve frå Utanriksdepartementet.

Den samla verdien av eksport av forsvarsmateriell, tilknytte tenester og reparasjonar av tidlegare levert forsvarsmateriell som er utførte i Noreg for utanlandske oppdragsgjevarar, var i 1997 1.115.096.000 kroner. I alt 25 bedrifter har rapportert om utførsle. Innrapporteringane er kontrollerte mot tildelte lisensar.

I 1996 eksporterte 32 bedrifter forsvarsmateriell eller utførte tenester for utanlandske oppdragsgjevarar for til saman 1.001.409.000 kroner.

Det går fram av tabellane i meldinga at NATO-landa og dei nordiske landa er dei største mottakarane av kategori A-materiell (våpen og ammunisjon) frå Noreg. I tillegg har Austerrike, Australia, Chile, Japan, Kuwait og Sveits teke imot slikt materiell. NATO- medlemslanda og dei nordiske landa er også dei største mottakarane av kategori B-materiell (anna militært materiell) i 1997. I tillegg er slikt materiell levert til Dei sameinte arabiske emirata, Egypt, Qatar, Singapore, Slovakia, Saudi-Arabia og Den tsjekkiske republikken.

Det statistiske materialet om norsk eksport av forsvarsmateriell er framstilt i seks tabellar (jf. pkt. 7). Desse tabellane omfattar

  • Tabell 1: Oversyn over mottakarland etter varegruppene i Liste I.

  • Tabell 2: Eksport av forsvarsmateriell fordelt på varegruppene i Liste I.

  • Tabell 3: Eksport av forsvarsmateriell fordelt på land.

  • Tabell 4: Eksport av forsvarsmateriell fordelt på regionar.

  • Tabell 5: Tenesteytingar for utanlandske oppdragsgjevarar.

  • Tabell 6: Oversyn over reparasjonar av forsvarsmateriell utførte i Noreg for utanlandske oppdragsgjevarar.

Stortingsmeldinga gjev eit oversyn over lovgrunnlaget, forskriftene og varelistene som ligg til grunn for måten Utanriksdepartementet utøver eksportkontrollen på, med utgangspunkt i regjeringserklæring og stortingsvedtak av 11. mars 1959.

Det er utarbeidd eigne retningslinjer for korleis Utanriksdepartementet skal behandle søknader om eksport av våpen og anna militært materiell, og meldinga gjev ein omtale av praktiseringa av desse.

Det vert gjort greie for den generelle stillinga til forsvarsindustrien, mellom anna internasjonalt samarbeid om nyutvikling av forsvarsmateriell og eksportvilkår for produkt med fleirnasjonal identitet. Det vert teke inn eit nytt kapittel IV i retningslinjene for å avklara behandlinga av fleirnasjonale produkt.

Meldinga gjer greie for det nære samarbeidet Utanriksdepartementet har med andre etatar om eksportkontrollspørsmål, mellom desse Forsvarsdepartementet, Nærings- og handelsdepartementet, Tollvesenet, Politiets overvakingsteneste og Forsvarets forskingsinstitutt.

Meldinga omtalar også relevante FN-vedtak, FN-registeret for konvensjonelle våpenoverføringar og arbeidet for å hindre spreiing og ulovleg omsetnad av handvåpen.

Tabellane som er tekne med i denne Stortingsmeldinga, vil bli omsette til engelsk og omdelte i FN og andre relevante internasjonale fora som eit norsk bidrag til større innsyn i våpenhandelen.

Noreg deltek i fleire internasjonale samarbeidsregime om ikkje-spreiing og eksportkontrollspørsmål som har utvikla seg til å bli stadig viktigare instrument i arbeidet for å hindre ukontrollert eller uønskt spreiing av våpen. Meldinga gjev eit oversyn over det internasjonale samarbeidet om eksportkontroll og ikkje-spreiing, og tek mellom anna føre seg dei internasjonale eksportkontrollregima som Noreg er medlem i.

I tillegg til samarbeidet i eksportkontrollregima har ein omfattande kontaktar og samarbeid på bilateralt plan, både i nordisk samanheng og med EU-land, i form av samanlikning, samordning og gjensidig påverknad innanfor eksportkontrollen. Til dømes har EU innført våpenembargo overfor ei rekkje land, som også Noreg har slutta seg til og/eller praktiserer i sin nasjonale eksportkontroll.

I samband med utøving av eksportkontrollen vert det drive eit utstrekt informasjonsarbeid. Departementet gjev kvart år ut ei Melding til eksportørane og ein del andre publikasjonar av informativ karakter. Meldinga inneheld eit oversyn over regelverket og ei rettleiing til eksportørane. Informasjon om eksportkontroll er også tilgjengeleg på Utanriksdepartementet sine Internett-sider. Det vert med jamne mellomrom halde seminar for aktuelle eksportbedrifter og institusjonar.

Fotnoter

1.

Heretter vert nemninga forsvarsmateriell brukt. Utanriksdepartementet si vareliste I (vedlegg 2) omtalar dette materiellet og tilhøyrande teknologi.