7 Eksporten av forsvarsmateriell frå Noreg i 1997
Oversyna over eksporten av forsvarsmateriell er baserte på verdien av utførsle ved sal av varer på Liste I. Oversyna inneheld ikkje opplysningar om mellombels utførsle av varer for reparasjon eller demonstrasjon som så vert returnerte til Noreg, eller varer som vert returnerte til eigaren etter reparasjon i Noreg. Verdien av dei utførte produkta er fastsett av eksportbedriftene i dei rapportane dei er pålagde å sende Utanriksdepartementet kvartalsvis. Verdiane i desse rapportane kan avvike frå verdiane som står i lisensane. Dette har m.a. samanheng med at ein lisens kan vere gyldig for eit lengre tidsrom enn eit kvartal, eller at lisensen ikkje blir utnytta fullt ut.
Eksporten av forsvarsmateriell og tenester er nedfelt i:
Tabell 1; oversyn over mottakarland etter varegruppene i Liste I.
Tabell 2; eksport av forsvarsmateriell fordelt på varegruppene i Liste I (i tusen kroner).
Tabell 3; eksport av forsvarsmateriell fordelt på land (i tusen kroner).
Tabell 4; eksport av forsvarsmateriell fordelt på regionar (i tusen kroner).
Tabell 5; utførte tenester knytte til Liste I (i tusen kroner).
Tabell 6; utførte reparasjonar av forsvarsmateriell for utanlandsk oppdragsgjevar (i tusen kroner).
Retningslinjene skil mellom kategori A-materiell og kategori B-materiell. Slike varer, teknologi og tenester er omtala i Liste I. I tabellane 2 og 3 er dette skiljet reflektert.
Med kategori A-materiell er å forstå våpen og ammunisjon av alle slag og i tillegg anna materiell som i vesentleg grad vil kunne påverke dei militære styrketilhøva utover nærområdet, mellom anna materiell for havovervaking og elektroniske tiltak mot satelittborne system.
Kategori B-materiell er anna forsvarsmateriell, som ikkje har eigenskapar eller bruksområde slik dei er definerte for varekategori A.
Verdien av eksporten i 1997 var 1.115.096.000 kroner.
NATO, nordiske land og andre europeiske land tok imot meir enn 80 prosent av eksporten. Største kjøparen var Sverige, som tok imot om lag ein tredjedel av eksporten. Delleveransar utgjorde ca. ein firedel av eksportverdien. Elektronisk utstyr utgjorde om lag halvparten av den totale eksporten. B-materiell representerte hovudtyngda av eksporten.
Tabell 7.1 Oversyn over mottakarland etter varegruppene i Liste 1
Varegruppe | Mottakarland | |
1 | Handvåpen m.m. for militært eller anna føremål. | Belgia, Danmark, Sverige, Tyskland. |
2. | Artilleri m.m. | . |
3. | Missilsystem, bomber, rakettar, torpedoar, land- og sjøminer, handgranatar. | Canada, Finland, Hellas, Sambandsstatane, Sverige. |
4. | Eldleiingsutstyr, søkjarutstyr, utstyr for behandling m.m. | Australia, Canada, Frankrike, Sambandsstatane, Storbritannia, Sverige, Tyskland. |
5. | ABC-våpen m.m. | Ingen. |
6. | Ammunisjon, sprengstoff m.m. | Austerrike, Canada, Chile, Danmark, Finland, Frankrike, Hellas, Italia, Nederland, Sambandsstatane, Spania, Storbritannia, Sveits, Sverige, Tyskland. |
7. | Elektronisk utstyr m.m., ikkje nemnt under pkt. 4. | Austerrike, Belgia, Danmark, Dei sameinte arabiske emirata, Den tsjekkiske republikken, Egypt, Finland, Frankrike, Irland, Italia, Japan, Nederland, Qatar, Sambandsstatane, Saudi-Arabia, Singapore, Slovakia, Spania, Storbritannia, Sveits, Sverige, Tyskland. |
8. | Farty m.m. | Ingen. |
9. | Luftfarty og romfarty, spesielt konstruerte eller modifiserte for militært føremål. | Ingen. |
10. | Beltebilar, amfibiebilar og andre køyrety spesielt konstruerte eller modifiserte for militært føremål, med unnatak av uarmerte og uvæpna køyrety konstruerte for køyring på veg; stridsvogner, militære bergingsvogner. | Sambandsstatane, Storbritannia. |
11. | Verne- og redningsutstyr m.m. | Ingen. |
12. | Hangarar, tilfluktsrom og andre bygningar spesielt konstruerte eller modifiserte for militære føremål. | Ingen. |
13. | Kamuflasjemateriell. | Ingen. |
14. | Fotomateriell. | Ingen. |
15. | Intendanturmateriell spesielt utvikla eller modifisert for militært føremål. | Sambandsstatane. |
16. | Materiell spesielt konstruert eller modifisert for opplæring i bruk eller vedlikehald av produkt under 1 - 15 ovanfor. | Ingen. |
17. | Komponentar, delar, delsystem og tilleggsutstyr spesielt konstruerte eller modifiserte for produkt under 1 - 16 ovanfor. | Australia, Belgia, Canada, Danmark, Egypt, Finland, Frankrike, Hellas, Kuwait, Luxembourg, Nederland, Portugal, Sambandsstatane, Storbritannia, Sverige, Tyrkia, Tyskland. |
18. | Programvare. | Tyskland. |
19. | Materiale, maskiner, verkty m.m. | Danmark, Sverige, Tyskland. |
20. | Teknologi, spesielt knytt til produkt under 1 - 19 ovanfor. | Ingen. |
Tabell 7.2 Eksport av forsvarsmateriell fordelt på varegruppene i Liste I (i tusen kroner).
Varegruppe | Eksport | |
1. | Handvåpen m.m. for militært eller anna føremål. | 352 |
2. | Artilleri m.m. | 0 |
3. | Missilsystem, bomber, rakettar, torpedoar, land- og sjøminer, handgranatar. | 75878 |
4. | Eldleiingsutstyr, søkjarutstyr, utstyr for behandling m.m. for produkt under 2. og 3 ovanfor | 4773 |
5. | ABC-våpen m.m. | 0 |
6. | Ammunisjon, sprengstoff m.m. | 208325 |
7. | Elektronisk utstyr m.m., ikkje nemnt under pkt. 4. | 501587 |
8. | Farty m.m. | 0 |
9. | Luftfarty og romfarty, spesielt konstruerte eller modifiserte for militært føremål. | 0 |
10. | Beltebilar, amfibiebilar og andre køyrety spesielt konstruerte eller modifiserte for militært føremål, med unnatak av uarmerte og uvæpna køyrety konstruerte for køyring på veg; stridsvogner, militære bergingsvogner. | 395 |
11. | Verne- og redningsutstyr m.m. | 0 |
12. | Hangarar, tilfluktsrom og andre bygningar spesielt konstruerte eller modifiserte for militære føremål. | 0 |
13. | Kamuflasjemateriell. | 0 |
14. | Fotomateriell. | 0 |
15. | Intendanturmateriell spesielt utvikla eller modifisert for militært føremål. | 3083 |
16. | Materiell spesielt konstruert eller modifisert for opplæring i bruk eller vedlikehald av produkt under 1 - 15 ovanfor. | 0 |
17. | Komponentar, delar, delsystem og tilleggsutstyr spesielt konstruerte eller modifiserte for produkt under 1 - 16 ovanfor. | 263918 |
18. | Programvare. | 4 |
19. | Materiale, maskiner, verkty m.m. | 1667 |
20. | Teknologi, spesielt knytt til produkt under 1 - 19 ovanfor. | 0 |
SUM | 1 059 982 |
Tabell 7.3 Eksport av forsvarsmateriell fordelt på land (i tusen kroner).
Land | Kategori A-materiell | Kategori B-materiell | Totalt |
Australia | 412 | 602 | 1014 |
Austerrike | 2042 | 2994 | 5036 |
Belgia | 1447 | 14 | 1461 |
Canada | 74127 | 222 | 74349 |
Chile | 148 | 0 | 148 |
Danmark | 18206 | 2241 | 20447 |
Finland | 34812 | 15354 | 50166 |
Frankrike | 6948 | 6307 | 13255 |
Hellas | 3110 | 0 | 3110 |
Italia | 6158 | 7606 | 13764 |
Kuwait | 42 | 0 | 42 |
Luxembourg | 445 | 0 | 445 |
Nederland | 9462 | 126 | 9588 |
Portugal | 181 | 0 | 181 |
Sambandsstatane | 116160 | 81141 | 197301 |
Spania | 3606 | 159 | 3765 |
Storbritannia | 3220 | 32259 | 35479 |
Sveits | 49626 | 589 | 50215 |
Sverige | 64372 | 269426 | 333798 |
Tyrkia | 2227 | 0 | 2227 |
Tyskland | 21892 | 4647 | 26539 |
Land som berre har motteke materiell i kategori B: | |||
Dei sameinte arabiske emirata | 0 | 4184 | 4184 |
Den tsjekkiske republikken | 0 | 2872 | 2872 |
Egypt | 0 | 18341 | 18341 |
Irland | 0 | 582 | 582 |
Japan | 0 | 940 | 940 |
Qatar | 0 | 3594 | 3594 |
Singapore | 0 | 110879 | 110879 |
Slovakia | 0 | 515 | 515 |
Saudi Arabia | 0 | 75745 | 75745 |
SUM | 418643 | 641339 | 1059982 |
Tabell 7.4 Eksport av forsvarsmateriell fordelt på regionar (i tusen kroner)
Region | Kategori A-materiell | Kategori B-materiell | Totalt |
NATO-land | 267189 | 134722 | 401911 |
Norden elles | 99184 | 284780 | 383964 |
Europa elles | 51668 | 7552 | 59220 |
Latin-Amerika | 148 | 0 | 148 |
Australia/New Zealand | 412 | 612 | 1014 |
Asia | 42 | 195342 | 195384 |
Afrika | 0 | 18341 | 18341 |
SUM | 418643 | 641339 | 1059982 |
Tabell 7.5 Tenesteytingar for utanlandske oppdragsgjevarar i 1997 (i tusen kroner)
Land | Posisjon i Liste I | Totalt |
Finland | 3 | 2412 |
Sambandsstatane | 3, 6 | 11493 |
Storbritannia | 3, 8 | 3468 |
Sverige | 3, 7, 8 | 9123 |
Tyskland | 3 | 2544 |
SUM | 29040 |
Tabell 7.6 Reparasjonar i Noreg for utanlandske oppdragsgjevarar i 1997 (i tusen kroner)
Land | Posisjon i Liste I | Totalt |
Canada | 4, 17 | 222 |
Danmark | 7, 17 | 427 |
Finland | 7, 17 | 587 |
Frankrike | 4, 17 | 4828 |
Hellas | 3, 6, 17 | 978 |
Irland | 7 | 21 |
Japan | 7 | 50 |
Nederland | 17 | 1987 |
Sambandsstatane | 4, 6, 7, 17, 18 | 2197 |
Spania | 6, 7 | 167 |
Storbritannia | 4, 7, 17 | 312 |
Sverige | 3, 4, 7, 17 | 11468 |
Tyrkia | 17 | 1090 |
Tyskland | 1, 4, 6, 7, 17 | 1740 |
SUM | 26074 |
Oversyn over bedrifter som har rapportert om eksport av forsvarsmateriell
Alcatel Telecom Norway AS
AME AS
ARC AS
Bakelittfabrikken AS
Bandak AS
Comrod AS
Det Norske Veritas
Dyno Industrier ASA, Defence Products
Dynoplast Stjørdal
Ericsson Radar AS
Hägglunds Moelv AB
Kongsberg Defence and Aerospace AS
Kongsberg Ericsson Communications ANS
Kongsberg Informasjonskontroll AS
Kongsberg Simrad AS
Kværner Eureka AS
Natech Production AS
Nera AS
Norsk Jetmotor AS
Raufoss Technology AS
Rottefella AS
Scana Servoteknikk AS
Simrad Optronics ASA
Vinghøgs mek. verksted AS
Våpensmia AS