6 Kontroll med handvåpen
Noreg fører ein svært restriktiv politikk for eksport av handvåpen. Eksportkontroll og ulovleg internasjonal handel med handvåpen står på dagsordenen i mange internasjonale fora, mellom andre FN, EU, OAS (Organisasjonen av afrikanske statar), ECOWAS (Det økonomiske fellesskapet av vestafrikanske statar) og i Wassenaar-samarbeidet. Desse ulike organisasjonane arbeider mellom anna med kartlegging og forsking, informasjonsutveksling, utarbeiding av retningslinjer og åtferdskodeks, og med merkesystem for våpen og ammunisjon og produktregistrering. Ein er spesielt oppteken av den ulovlege handelen med handvåpen. Det vert særleg fokusert på område der handvåpen kan medverke til grove overgrep mot sivilbefolkninga eller forverre ein konfliktsituasjon. Det er særleg viktig å avgrense dei illegale overføringane av handvåpen, som utgjer ca. halvparten av alle internasjonale overføringar av slike våpen. Internasjonalt finst det inga felles oppfatning av korleis ein på mest mogeleg tenleg vis kan hindre spreiing og ulovleg omsetnad av handvåpen, og det eksisterer i dag få forpliktande internasjonale kontrollmekanismar for sal og overføring av slike våpen. Wassenaar-samarbeidet er et viktig forum for å drøfte våpeneksport, også ulovleg handel med handvåpen i eksportkontrollsamanheng. Noreg legg i Wassenaar-samarbeidet vekt på å fokusere på mogelege kontrolltiltak retta mot ulovleg handel med slike våpen, og arbeider for oppslutnad om den nye frivillige ordninga med å opplyse om overføringar og lisensavslag for fleire våpenkategoriar enn dei ein er forplikta til å rapportere om. Frå norsk side vil det her vere naturleg å opplyse frivillig om m.a. lisensavslag for eksport av handvåpen.
Noreg har gjeve økonomisk støtte til arbeidet med initiativet frå Mali om oppretting av eit regionalt moratorium på produksjon, import og eksport av handvåpen i Vest-Afrika, og støttar arbeidet med tilsvarande regionale og subregionale ordningar andre stader. Det er aktuelt å støtte enkeltland og regionar i arbeidet med styrking av grensekontroll, mellom anna med kartlegging, registrering, merking og opplæring.
Det er dessutan viktig å setje i verk tiltak for innsamling av overskotsvåpen etter avslutning av væpna konfliktar. Det kan gjerast i samband med demobiliserings- og reintegreringstiltak overfor tidlegare soldatar frå partane i ein konflikt. Det bør vidare arbeidast for at fredstryggingsoperasjonar får mandat og ressursar til å ta del i slik demobilisering og innsamling av våpen.
Regjeringa vil ta initiativ til mellomstatleg samarbeid om internasjonale tiltak som kan redusere den ulovlege spreiinga av handvåpen til konfliktområde. Noreg vil arbeide aktivt i ulike internasjonale fora for å fremje denne målsetjinga, og arrangerer i juni 1998 eit møte i Oslo mellom 20 land om desse spørsmåla.
Norske frivillige organisasjonar og forskingsinstitutt har gått saman om ein handvåpenaksjon for å rette søkelyset mot overføringar av handvåpen (Norwegian Initiative on Small Arms Transfers - NISAT). Regjeringa har løyvd midlar for å hjelpa fram dette initiativet. NISAT konsentrerer sin innsats om regionale tiltak og humanitære spørsmål.
Problemet med handvåpen i konfliktområde er nært knytt til utviklingsspørsmål. Utjamning av ulikskapar mellom ulike grupper og tiltak for konfliktførebygging kan vere sentrale element i ein brei strategi for å hindre at handvåpen blir brukte til grove overgrep i og etter konfliktsituasjonar. Det er viktig at det på eit tidleg tidspunkt vert sett i gang dialog og samarbeid med utsette land som står overfor ein mogeleg valdeleg konflikt når det har vore store overføringar av handvåpen.