4 Norsk forsvarsindustri og internasjonalt industrisamarbeid
Det norske forsvaret kjøper omlag 40 prosent av materiellet sitt frå norsk industri, resten vert importert. Regelverket for innkjøp av forsvarsmateriell frå utanlandske leverandørar føreset gjenkjøp dersom innkjøpet overstig 50 millionar kroner. Gjenkjøpskravet er eit viktig næringspolitisk verkemiddel ved at det er med på å skaffe norsk forsvarsindustri innpass i ein marknad som er dominert av nasjonale preferansar ved kjøp av materiell.
Forsvarsbudsjetta er reduserte i alle allierte og nærståande land dei siste åra, og som ein konsekvens av dette er marknadane for materiell vorte mindre. Samtidig har den teknologiske utviklinga gjort materiellet dyrare å utvikle, og nærare samarbeid om utvikling og produksjon av nytt materiell er vorte naudsynt. For å overleve må norsk forsvarsindustri delta i internasjonalt samarbeid og vere konkurransedyktig i marknaden både nasjonalt og internasjonalt.
Norsk forsvarsindustri er relativt nisjeprega, med høg kompetanse og avansert produksjonskapasitet innanfor avgrensa område, som til dømes kommunikasjons- , kontroll- og informasjonssystem, missilteknologi, krut og høgeksplosivt sprengstoff. På slike område vert norske bedrifter rekna som interessante samarbeidspartnarar. Noreg deltek difor aktivt i internasjonalt samarbeid på forsvarsmateriellsektoren, i første rekkje innanfor NATO og med nordiske naboland.
I St.meld. nr. 45 (1998-99) om eksporten av forsvarsmateriell i 1998 er det gjort greie for det nordiske ammunisjonssamarbeidet i selskapet Nammo som har produksjonsbedrifter i Finland, Noreg og Sverige. Gjennom flytting og konsentrasjon av produksjon skal verksemda gjerast meir konkurransedyktig. Samstundes kan produksjon av ein ammunisjonstype verta nedlagd i eitt eller fleire av dei nordiske landa. Forsvarsdepartementa i dei tre landa arbeider på den bakgrunn med spørsmålet om leveringssikring i tilfelle krise og krig. Det er òg nær kontakt mellom eksportkontroll-styresmaktene i dei tre landa for å klargjere vilkåra for utførsle.