6 Kontroll med handvåpen
Noreg fører ein svært restriktiv politikk ved eksport av handvåpen. Eksportkontroll og ulovleg internasjonal handel med handvåpen står på dagsordenen i fleire internasjonale fora, m.a. i FN, EU, OSSE, EAPC, OAU, OAS, ECOWAS og i Wassenaar-samarbeidet. Desse ulike organisasjonene driv mellom anna med kartlegging og forsking, informasjonsutveksling, utarbeider retningsliner og adferdskodeksar, og med produktregistering og merkesystem for våpen og ammunisjon.
Det er særs viktig å begrense dei illegale overføringane av handvåpen, som kan utgjere omlag halvparten av alle overføringar av slike våpen. Internasjonalt fins det inga sams oppfatning av korleis ein best kan hindre spreiing og ulovleg omsetnad av handvåpen, og det eksisterer få forpliktande internasjonale kontrollmekanismer for sal og overføringar av slike våpen.
Noreg har ytt økonomisk støtte til gjennomføring av moratoriet på produksjon, import og eksport av handvåpen i Vest-Afrika, som vart inngått av ECOWAS-landa 31. oktober 1998. Forbodet gjeld for tre år, og er det mest omfattande internasjonale tiltak til nå for å redusere talet på handvåpen. Frå norsk side har ein òg bidratt økonomisk til etableringa av eit sekretariat som skal overvake at moratoriet vert etterlevd. Noreg støttar arbeidet med tilsvarande regionale og subregionale ordningar andre stader (i Aust-Afrika, i Stabilitetspakta for Sentral- og Aust-Europa, og i OSSE/EAPC-området).
Det er dessutan viktig å sette i verk tiltak for innsamling og destruksjon av overskotssvåpen, særlig etter avslutning av væpna konflikter. Det vert arbeidd for at internasjonale fredsoperasjonar får mandat og ressursar til å ta del i slik demobilisering og innsamling av våpen.
Noreg har saman med USA oppretta ei tosidig arbeidsgruppe med destruksjon av handvåpen som ansvarsområde. Gruppa har så langt tilbydd støtte til land innan OSSE/EAPC-området som ynskjer assistanse i kartlegging av dei einskilde landa sine destruksjonsbehov. I tillegg har Noreg bidratt til eit destruksjonsprosjekt i Sør-Afrika, og vore med å finansiere starten av ein destruksjonsfabrikk i Kosovo, i regi av NATO.
Problemet med handvåpen i konfliktområde er nært knytta til utviklingsspørsmål. Utjamning av ulikskapar mellom ulike grupper og tiltak for konfliktforebygging kan vere sentrale element i ein breid strategi for å hindre at handvåpen vert brukt til grove overgrep i og etter konfliktsituasjonar. Det er viktig at det på eit tidlig tidspunkt vert sett i gang dialog og samarbeid med utsette land som står overfor ei valdeleg konflikt når det har vore store overføringar av våpen til området.
Noreg arrangerte 6.-7. desember 1999 eit internasjonalt møte som samla 19 land i Oslo (Oslo II). Hovedfokus for møtet var våpenmeklarane si verksemd og betra kontroll av denne verksemda. Møtet tok òg for seg den internasjonale dagsorden for handvåpen. Erklæringa frå Oslo-II møtet var det einaste dokument om handvåpen i 1999 som regjeringar frå land i alle regioner i verda har slutta seg til.
Norske frivillige organisasjonar og forskingsinstitutt har gått saman om ein handvåpenaksjon for å rette søkelyset på overføringar av handvåpen (Norwegian Initiative on Small Arms Transfers - NISAT). Norske styresmakter har løyvt pengar til dette initiativet. NISAT konsentrerer sin innsats om regionale tiltak og humanitære spørsmål, og har ei leiande rolle mellom dei frivillige organisasjonane internasjonalt i arbeidet med handvåpenspørsmål.
FN vedtok i november 1999 at den planlagte FN-konferansen om handvåpen skal haldast i juni/juli 2001. Målet er ein internasjonal handlingsplan mot ulovleg overføring av handvåpen. Norge tek aktivt del i førebuingane til denne konferansen.
EU vedtok i desember 1998 ei felles handling om handvåpen («Joint Action on Small Arms»). Noreg har slutta seg til handlinga.
Ulovleg våpenhandel
Innan FN, EU og i det multilaterale eksportkontrollsamarbeidet pågår drøftingar med sikte på å utvikle tiltak mot ulovleg våpenhandel. Mange av dei væpna konfliktane i verda, i Latin-Amerika, i Afrika og på Balkan, vert meir blodige og langvarige gjennom tilførsel av smugla våpen. Det er ei viktig og prioritert oppgåve å utvikle mekanismar for å komme denne verksemda til livs. Dette må m.a. skje ved at våpenproduserande land viser ansvar og vilje til å utøve betre kontroll over eigen eksport, og ved at ein får større kunnskap om tileigningsmetodar, våpenmeklarar og andre mellommenn, frontselskap osv., for å kunne sette inn effektive kontrolltiltak. I Wien pågår det forhandlingar om ein skytevåpenprotokoll som har til føremål å bekjempe den ulovlege handelen med handvåpen. Ein slik protokoll vil vere det første internasjonale juridisk bindande dokument på handvåpenfeltet. I dei multilaterale eksportkontrollregima vert det utveksla informasjon, også etterretningsinformasjon, som ledd i kampen mot slik ulovlig handel.
Eit viktig element i denne samanhengen er høveleg lovgjeving og eit effektivt eksportkontrollsystem, med lisensierings- og kontrollapparat.