7 Eksporten av forsvarsmateriell frå Noreg i 1999
Denne årlege oversikta over eksporten av forsvarsmateriell er basert på innrapporterte sal av varer, teknologi og tenester nemde i Utanriksdepartementets kontroll-liste I. Det er ikkje teke med opplysningar om mellombels utførsle av varer i norsk eige for reparasjon eller demonstrasjon, eller om verdien av varer som vert returnerte til utanlandsk eigar etter reparasjon i Noreg. Verdien av dei utførte produkta kjem fram i dei kvartalsvise rapportane frå eksportbedriftene til Utanriksdepartementet. Verdiane i desse rapportane kan avvike frå verdiane på lisensane, m.a. fordi lisensane kan vere gyldige for eit lengre tidsrom enn eit kvartal, eller ikkje vert nytta fullt ut.
Eksporten av forsvarsmateriell og tenester er framstilt i sju tabellar:
Tabell 7.1; oversyn over land som har motteke forsvarsmateriell frå Noreg etter varegruppene i liste I
Tabell 7.2; eksport av forsvarsmateriell fordelt på varegruppene i liste I
Tabell 7.3; eksport av forsvarsmateriell fordelt på land
Tabell 7.4; utførte tenester knytte til liste I
Tabell 7.5; utførte reparasjonar i Noreg av forsvarsmateriell for utanlandsk oppdragsgjevar
Tabell 7.6; eksport av forsvarsmateriell fordelt på regionar
Tabell 7.7; samanlikning av eksporten i åra 1996-99
Den samla eksporten av forsvarsmateriell i 1999 var om lag 1,3 milliardar kroner. Dei seinaste åra har verdien vore vel 1,1 milliardar.
NATO-landa og dei nordiske landa er dei største mottakarane av forsvarsmateriell frå Noreg, med om lag 75 prosent. Kategori A-materiell (våpen og ammunisjon) vert i hovudsak levert til NATO-allierte og nordiske land. I tillegg har Australia, Brasil, Chile, Irland, Japan, Latvia, New Zealand, Singapore, Sveits, Sør-Korea og Thailand teke imot A-materiell. NATO-landa og dei nordiske landa var også dei største mottakarane av kategori B-materiell (anna militært materiell) i 1999. I tillegg er slikt materiell levert til Argentina, Austerrike, Bulgaria, Dei sameinte arabiske emirata, Egypt, Litauen, Oman, Saudi-Arabia og Taiwan. Det er òg levert noko materiell til FN-styrkar.
Merknader til tabellane
Tabell 7.1 syner dei landa som har motteke forsvarsmateriell frå Noreg, fordelt på varegruppene i liste I.
Tabell 7.2 syner eksport av forsvarsmateriell fordelt på varegruppene i liste I. Som i åra 1996-1998 var størsteparten av eksporten delar og komponentar, deretter ammunisjon, sprengstoff og elektronisk utstyr. Utstyr med sjølvstendig funksjon utgjorde en særs liten del av det totale omfanget.
Tabell 7.3 syner eksport av kategori A- og B-materiell fordelt på land. Sverige og Sambandstatane var største mottakarar i 1999. Ein auke på om lag 165 millionar i høve til tala for 1998 kan forklårast med auka eksport til Sverige og med nokre større einskild-leveransar. Delar og komponentar representerer største delen av eksporten.
Tabell 7.4 syner tenester knytt til forsvarsmateriell for utanlandske oppdragsgjevarar. Sverige var største kjøpar av tenester, følgd av Tyskland og Finland. Tilsaman var desse landa største kjøpare med ca. 85 %.
Tabell 7.5 syner utførte reparasjonar i Noreg av forsvarsmateriell for utanlandsk oppdragsgjevar. Sverige var òg største kjøpar av reparasjonar i Noreg, fylgd av Sambandsstatane, Finland, Frankrike og Nederland. Tilsaman utgjorde desse landa ca. 80%.
Som det går fram av regionoversikta i tabell 7.6, gjekk tre firedelar av eksporten til NATO-land og nordiske land. Det relativt høge talet på B-materiell til Afrika skuldast ein leveranse av sambandsutstyr til Egypt. Mønsteret for hovudmottakarar er ikkje vesentleg endra i høve til tidlegare år.
Tabell 7.7 syner den totale verdien av eksporten i åra 1996-1999, fordelt på kategori A- og B-materiell, tenester, samt reparasjonar utført i Noreg for utanlandske oppdragsgjevarar. Som det går fram, auka eksportverdien av kategori A-materiell frå 1996 til 1999 med omlag 60 millionar kroner, mens auken i forhold til 1998 var om lag 100 millionar. Eksporten av kategori B-materiell auka med vel 180 millionar kroner frå 1996 til 1999. I denne perioden var det variasjonar i eksporten av B-materiell. Auken frå 1996 til 1997 var om lag 180 millionar, og frå 1997 til 1998 fall eksporten av B-materiell med om lag 80 millionar. Eksporten i 1999 var om lag den same som i 1997.
Verdien på utførte tenester auka frå 1996 til 1998 med om lag 26 millionar, men frå 1998 til 1999 fall den igjen med om lag 25 millionar.
Ein hadde ikkje tal for utførte reparasjonar i 1996, men frå 1997 til 1999 auka verdien med om lag 30 millionar.
Totalt sett har mønsteret i eksporten av forsvarsmateriell frå Noreg i åra 1996-1999 ikkje endra seg vesentleg.
32 bedrifter rapporterte om eksport av forsvarmateriell i 1999. I åra 1996-1998 har mellom 25 og 33 bedrifter rapportert om slik eksport kvart år.
Tabell 7.1 - Oversyn over land som har motteke forsvarsmateriell frå Noreg etter varegruppene i liste I
Varegruppe | Mottakarland | |
1. | Handvåpen m.v. for militært eller anna føremål. | Canada, Danmark, Finland, Italia, Latvia, Sambandsstatene, Storbritannia, Sverige, Tyskland. |
2. | Artilleri m.v. | Ingen. |
3. | Missilsystem, bomber, rakettar, torpedoar, land- og sjøminer, handgranatar. | Ingen. |
4. | Eldleiingsutstyr, søkjarutstyr, utstyr for handsaming m.v. av utstyr i gruppe 1-3. | Australia, Canada, Frankrike, Sverige. |
5. | ABC-våpen m.v. | Ingen. |
6. | Ammunisjon, sprengstoff m.v. | Australia, Belgia, Brasil, Canada, Chile, Danmark, Den tsjekkiske republikk, Finland, Frankrike, Hellas, Irland, Italia, Nederland, New Zealand, Portugal, Sambandsstatane, Singapore, Spania, Storbritannia, Sveits, Sverige, Sør-Korea, Thailand, Tyskland. |
7. | Elektronisk utstyr m.v., ikkje nemt under pkt. 4. | Argentina, Austerrike, Canada, Chile, Dei sameinte arabiske emirata, Den tsjekkiske republikk, Egypt, Finland, Frankrike, Irland, Italia, Japan, Litauen, Nederland, Oman, Saudi-Arabia, Sambandsstatane, Spania, Storbritannia, Sveits, Sverige, Taiwan, Thailand, Tyskland. |
8. | Fartøy m.v. | Ingen |
9. | Luftfartøy og romfartøy, spesielt konstruert eller modifisert for militært føremål. | Ingen. |
10. | Beltebilar, amfibiebilar og andre køyretøy spesielt konstruerte eller modifiserte for militært føremål, med unntak av uarmerte og uvæpna køyretøy konstruerte for køyring på veg; stridsvogner, militære bergingsvogner. | Ingen. |
11. | Verne- og redningsutstyr m.v. | Ingen. |
12. | Hangarar, tilfluktsrom og andre bygningar spesielt konstruerte eller modifiserte for militært føremål. | Ingen. |
13. | Kamuflasjemateriell. | Ingen. |
14. | Fotomateriell. | Ingen. |
15. | Intendanturmateriell spesielt utvikla eller modifisert for militært føremål. | Ingen. |
16. | Materiell spesielt konstruert eller modifisert for opplæring i bruk eller vedlikehald av produkt under 1-15 ovanfor. | Dei sameinte arabiske emirata, Tyskland. |
17. | Komponentar, delar, delsystem og tilleggsutstyr spesielt konstruerte eller modifiserte for produkt under 1-16 ovanfor. | Australia, Belgia, Bulgaria, Canada, Danmark, Finland, Frankrike, Hellas, Italia, Japan, FN/Libanon, Luxemburg, Nederland, Sambandsstatane, Singapore, Storbritannia, Sveits, Sverige, Sør-Korea, Tyrkia, Tyskland. |
18. | Programvare. | Ingen. |
19. | Materiale, maskiner, verktøy m.v. | Frankrike, Sverige, Tyskland. |
20. | Teknologi spesielt knytta til produkt under 1-19 ovanfor. | Danmark, Sverige. |
Tabell 7.2 Eksport av forsvarsmateriell fordelt på varegruppene i liste I (i tusen kroner)
Varegruppe | Sum | |
1. | Handvåpen m.v. for militært eller anna føremål | 497 |
2. | Artilleri m.v. | 0 |
3. | Missilsystem, bomber, rakettar, torpedoar, land- og sjøminer, handgranatar | 0 |
4. | Eldleiingsutstyr, søkjarutstyr, utstyr for handsaming m.v. av utstyr i gruppe 1.-3. | 25 645 |
5. | ABC-våpen m.v. | 0 |
6. | Ammunisjon, sprengstoff m.v. | 383 793 |
7. | Elektronisk utstyr m.v., ikkje nemt under pkt. 4 | 288 563 |
8. | Fartøy m.v. | 0 |
9. | Luftfartøy og romfartøy, spesielt konstruert eller modifisert for militært føremål | 0 |
10. | Beltebilar, amfibiebilar og andre køyretøy spesielt konstruerte eller modifiserte for militært føremål, med unntak av uarmerte og uvæpna køyretøy konstruerte for køyring på veg; stridsvogner, militære bergingsvogner | 0 |
11. | Verne- og redningsutstyr m.v. | 0 |
12. | Hangarar, tilfluktsrom og andre bygningar spesielt konstruerte eller modifiserte for militært føremål | 0 |
13. | Kamuflasjemateriell | 0 |
14. | Fotomateriell | 0 |
15. | Intendanturmateriell spesielt utvikla eller modifisert for militært føremål | 0 |
16. | Materiell spesielt konstruert eller modifisert for opplæring i bruk eller vedlikehald av produkt under 1-15 ovanfor | 34 297 |
17. | Komponentar, delar, delsystem og tilleggsutstyr spesielt konstruerte eller modifiserte for produkt under 1-16 ovanfor | 490 270 |
18. | Programvare | 0 |
19. | Materiale, maskiner, verktøy m.v. | 1 311 |
20. | Teknologi spesielt knytta til produkt under 1-19 ovanfor | 3 070 |
Sum | 1 227 446 |
Tabell 7.3 Eksport av forsvarsmateriell fordelt på land (i tusen kroner)
Land | Kategori A | Kategori B | Totalt |
Australia | 36 891 | 17 875 | 54 766 |
Belgia | 421 | 1 665 | 2 086 |
Brasil | 196 | 0 | 196 |
Canada | 31 714 | 235 | 31 949 |
Chile | 465 | 476 | 941 |
Den tsjekkiske republikk | 1 209 | 249 | 1 458 |
Danmark | 3 436 | 3 932 | 7 368 |
Finland | 2 241 | 6 964 | 9 205 |
Frankrike | 55 012 | 20 964 | 75 976 |
Hellas | 22 530 | 393 | 22 923 |
Irland | 110 | 69 | 179 |
Italia | 27 137 | 2 214 | 29 351 |
Japan | 197 | 1 391 | 1 588 |
Latvia | 21 | 0 | 21 |
Luxembourg | 70 | 45 | 115 |
Nederland | 2 331 | 5 264 | 7 595 |
New Zealand | 63 | 24 | 87 |
Portugal | 23 | 0 | 23 |
Sambandsstatane | 124 398 | 108 029 | 232 427 |
Singapore | 234 | 2 813 | 3 047 |
Spania | 14 175 | 0 | 14 175 |
Storbritannia | 37 660 | 17 805 | 55 465 |
Sveits | 33 981 | 53 | 34 034 |
Sverige | 134 571 | 228 212 | 362 783 |
Sør-Korea | 306 | 84 | 390 |
Thailand | 1 014 | 8 402 | 9 416 |
Tyskland | 53 055 | 11 578 | 64 633 |
Land som berre har motteke materiell i kategori B: | |||
Argentina | 0 | 42 | 42 |
Austerrike | 0 | 212 | 212 |
Bulgaria | 0 | 43 | 43 |
Dei sameinte arabiske emirata | 0 | 36 344 | 36 344 |
Egypt | 0 | 153 254 | 153 254 |
FN-styrkar (i Libanon) | 0 | 197 | 197 |
Litauen | 0 | 40 | 40 |
Oman | 0 | 522 | 522 |
Saudi-Arabia | 0 | 1 647 | 1 647 |
Taiwan 1 | 0 | 12 934 | 12 934 |
Tyrkia | 0 | 14 | 14 |
Sum | 583 461 | 643 985 | 1 227 446 |
1 Sonar til patruljefartøy for tollvesenet
Tabell 7.4 Tenester utførte for utanlandsk oppdragsgjevar (i tusen kroner)
Land | Posisjon i liste I | Totalt |
Finland | 3 | 3 508 |
Tyskland | 6 | 3 862 |
Storbritannia | 6, 8 | 1 762 |
Sambandsstatane | 6, 8 | 351 |
Sverige | 6, 8 | 6 947 |
Taiwan 1 | 8 | 770 |
Sum | 17 200 |
1 Klassifiseringsteneste knytt til patruljefartøy for politi
Tabell 7.5 Reparasjonar i Noreg for utanlandske oppdragsgjevarar (i tusen kroner)
Land | Posisjon i liste I | Totalt |
Austerrike | 7 | 6 |
Belgia | 1, 17 | 8 |
Canada | 7, 17 | 132 |
Danmark | 1, 7, 17 | 509 |
Dei sameinte arabiske emirata | 7 | 793 |
Finland | 2, 6, 7 | 2 698 |
Frankrike | 6, 7, 17 | 5 798 |
Hellas | 17 | 124 |
Italia | 1 | 4 |
Japan | 7 | 41 |
Nederland | 17 | 2 448 |
Sambandsstatane | 6, 7, 17, 19 | 7 000 |
Spania | 6, 7, 17 | 219 |
Storbritannia | 7, 17 | 476 |
Sveits | 6, 7, 17 | 956 |
Sverige | 1, 4, 7, 17 | 27 948 |
Tyrkia 1 | 17 | 6 339 |
Tyskland | 1, 17 | 182 |
Sum | 55 681 |
1 Eksporten galdt reparasjonar av forsvarsmateriell som Noreg leverte til Tyrkia på 1970-tallet
Tabell 7.6 Eksport av forsvarsmateriell, tenester og reparasjonar, fordelt på regionar (i tusen kroner)
Region | Totalt |
NATO-land | 574 772 |
Øvrige Norden | 413 089 |
Øvrige Europa | 35 491 |
Latin-Amerika | 1 179 |
Australia og New Zealand | 54 853 |
Asia | 67 689 |
Afrika | 153 254 |
Sum | 1 300 327 |
Tabell 7.7 . Eksporten av forsvarsmateriell og utførte tenester og reparasjonar i åra 1996-1999 (i tusen kroner)
1996 | 1997 | 1998 | 1999 | |
A-materiell | 523 288 | 418 643 | 481 220 | 583 461 |
B-materiell | 462 056 | 641 339 | 558 351 | 643 985 |
Tenester | 16 065 | 29 040 | 42 138 | 17 200 |
Reparasjonar | - | 26 074 | 53 582 | 55 681 |
Sum | 1 001 4091 | 1 115 096 | 1 135 291 | 1 300 327 |
1 Beløpet er utan reparasjonar
Oversyn over bedrifter som har rapportert om eksport av forsvarsmateriell (kategori A- og B-materiell) i 1999:
AME AS
ARC AS
Bakelittfabrikken AS
Bandak AS
Det norske Veritas AS
Dyno Industrier ASA, Defence Products (nå Dyno ASA)
Dynoplast Stjørdal (nå Polimoon AS)
Ericsson Radar AS
Exide Sønnak AS
Hägglunds Moelv AS
Kongsberg Defence and Aerospace AS
Kongsberg Ericsson Communications ANS
Kongsberg Norcontrol Systems AS
Kongsberg Protech AS
Kongsberg Simrad AS
Krico Norway AS
Kværner Eureka AS
Nammo Raufoss AS
Natech AS
Nera AS
Propartner AS
A/S Scan Matric
Scana Electronics AS
Simrad Optronics ASA
Sonec Kongsberg AS
Thomson-CSF Norcom AS
Thomson-CSF Nortech AS
Ticon Composites AS
Trelleborg Viking AS
Vinghøgs Mek. Verksted AS
Volvo Aero Norge AS
Våpensmia AS