St.meld. nr. 8 (1998-99)

Om handlingsplan for funksjonshemma 1998-2001

Til innhaldsliste

3 Eit tilgjengeleg samfunn

3.1 Innleiing

I handlingsplanperioden 1990 - 1993 vart tilgjenge vidt definert for å vise at omgrepet kan nyttast på funksjonshemma sin tilgang til samfunnet generelt, ikkje berre til fysisk miljø. Områda for innsatsen har vore offentleg informasjon, fysisk miljø, kultur, opplæring, friluftsliv og idrett, familie og venner, nærmiljø og mat. Den same forståinga er lagt til grunn i denne handlingsplanen.

I framstillinga har ein så langt det har vore mogeleg skild mellom tiltak som er ført vidare frå tidlegare planperiodar og nye tiltak i perioden 1998-2001.

3.2 FN sine standardreglar

Det er eit mål at FN sine standardreglar for like vilkår for funksjonshemma blir lagt til grunn for offentleg planlegging og for utforming av tiltak og tenester.

3.2.1 Tiltak i planperioden

3.2.1.1 Høyring

I første omgang vil ein starte med den statlege forvaltninga. Det blir halde høyringar om FN sine standardreglar for å vurdere gjennomføringa av desse reglane i Noreg. Den første høyringa vil finne stad 3. desember 1998, som er FN sin internasjonale dag for funksjonshemma.

3.2.1.2 Opplæringsprogram

Det skal lagast eit opplæringsprogram og retningslinjer for korleis reglane kan takast i bruk i den statlege sakshandsaminga. Den første delen i programmet skal vere klar til høyringa i desember 1998.

3.3 Tilgjenge til informasjon

Dei to føregåande planperiodane har hatt fleire prosjekt om tilrettelegging av informasjon for lesehemma. Prosjekta har særleg konsentrert seg om lesehemma sin tilgang til aviser og om offentleg informasjon via Internett.

Statens Informasjonsteneste har utarbeidd ein vegleiar for tilrettelegging av offentleg informasjon for synshemma via Internett. Målgruppe for vegleiaren er informasjonsmedarbeidarar og dei som legg til rette informasjon for den offentlege forvaltninga. Vegleiaren inneheld også ei omtale av sentrale prinsipp i den offentlege forvaltningspolitikken, og kan difor også vere til nytte for leiarar.

Kyrkje-, undervisnings- og forskingsdepartementet har utarbeida IT-plan og fått etablert database på Internett for fagleg kommunikasjon og informasjon på det spesialpedagogiske området.

Fjernsynet si rolle som informasjonskanal, kanal for offentleg debatt, opplæring og underhaldning, blir stadig viktigare. Mangel på teksting av nyheits-, aktualitets- og debattprogram og andre norske program fører til at mange høyrselshemma har store vanskar med å fange opp det som blir formidla i slike program.

Som allmennkringkastarar har NRK og TV 2 eit ansvar for å ha eit tilfredsstillande teksttilbod for høyrselshemma. Innføring av digital fjernsynsteknologi gir nye opningar for å utvikla betre og meir omfattande tilbod til funksjonshemma. I samarbeid med dei høyrselshemma sine organisasjonar har NRK sett i gang to utviklingsprogram med sikte på å utvikle tekste- og tolketenester for tunghøyrde og døve.

3.3.1 Tiltak som vert ført vidare

3.3.1.1 Revidering av Kyrkje-, utdannings- og forskingsdepartementet sin IT-plan

Nasjonalt læremiddelsenter utarbeidde i 1997 «Plan for IT og funksjonshemma», som gjeld frå 1998, og har også tilrettelagt Skulenettet for funksjonshemma. Dette vært følgt opp i planperioden.

3.3.1.2 Produksjon og distribusjon av valinformasjon for lesehemma

I samband med valet 1997 vart all valinformasjon som Kommunal- og regionaldepartementet utarbeidde, også distribuert elektronisk ved at den vart lagt ut på departementa si Internett-teneste ODIN. For å nå fram med informasjon om vala til flest mogeleg veljarar som treng spesielt tilpassa informasjon p g a lesehemming, vil departementet føre vidare samarbeidet med lesehemma sine landsomfattande organisasjonar om produksjon og distribusjon av valinformasjon, slik stortinget bad om i Innst S nr 114 (1997-98), romertalsvedtak I.

3.3.1.3 Lesekårsundersøking blant døve

Norges Døveforbund fekk i 1998 midlar frå Sosial- og helsedepartementet til å føre vidare prosjektet Lesekårsundersøking blant døve. Målet er å kaste lys over korleis døve fungerer i informasjonssamfunnet. Det skal gjevast eit bilete av situasjonen for døve når det gjeld tilbod om, tilgang til og bruk av informasjon gjennom ulike medium. Prosjektet vil og gjere framlegg om tiltak som kan gi døve betre tilgang på informasjon. Prosjektet vil bli avslutta innan utgangen av 2000.

3.3.2 Tiltak i planperioden

3.3.2.1 Tolkeprosjekt i NRK

Dette er eit samarbeidsprosjekt mellom høyrselshemma sine organisasjonar, NRK og Tandberg Television. Det er utvikla ein prototyp av ein digitalt mottakar som gjer det mogeleg for døve å velgje å få inn ein døvetolk på fjernsynsskjermen. For å kartleggje grunnlaget for masseproduksjon av dekodarar vil det bli gjennomført ei brukarutprøving av denne nye teknologien i slutten av 1998 og byrjinga av 1999.

3.3.2.2 Teksteprosjekt i NRK

Dette er eit samarbeidsprosjekt mellom høyrselshemma sine organisasjonar, NRK og SINTEF. Prosjektet, som skal avsluttast i løpet av år 2000, vil kunne gjere det mogeleg for døve og tunghøyrte å få teksting av direktesende program via Tekst-TV. Fjernsynsprogramma blir teksta direkte ved hjelp av taleregistrator.

3.3.2.3 Prosjekt for betre tilgjenge til offentleg informasjon for grupper av funksjonshemma

Det finst ikkje nokon heilskapleg politikk for kva typar informasjon som skal leggjast til rette for funksjonshemma. Statens Informasjonsteneste vil i løpet av 1. halvår 1999 setje i gang eit utviklingsprosjekt for å finne fram til prinsipp for tilrettelegging av offentleg informasjon. Prosjektet skal også vurdere kva føresetnader som må vere til stades for at informasjonen skal nå målgruppene.

3.3.2.4 Meir aktiv bruk av Internet

Arbeids- og administrasjonsdepartementet arbeider for at statsforvaltninga skal gjere meir aktiv bruk av Internett som kanal for å formidle informasjon og tenester til publikum, slik stortinget bad om i Innst S nr 114 (1997-98), romertalsvedtak I. Det er ein ambisjon at frå år 2000 skal alle dokument frå offentleg sektor liggje føre på verdensveven i eitt eller fleire vanlege tekstformat (html, Word, pdf m v). Med dette vil IT-kyndige funksjonshemma bli sikra enklare tilgang til offentleg informasjon.

3.3.2.5 Tilrettelegging av programvare for personar med syns- og lesehemmingar

Kulturdepartementet tar sikte på å opprette eit sekretariat for språkteknikk i løpet av planperioden. Ei av oppgåvene for dette sekretariatet vil være å kartleggje behovet for tilrettelegging av programvare for syns- og lesehemma.

3.4 Nærmiljø, bustad og offentlege bygg

Dårleg tilgjenge til bustader, bygningar og utemiljø er eit stort problem for mange funksjonshemma. Plan- og bygningslova inneheld ei rekkje reglar som skal ivareta målsetjinga om tilgjenge i nye bygningar. M a inneheld Tekniske forskrifter til plan- og bygningslova krav til at både planløysing og kommunikasjonsvegar skal vere slik at bygninga kan brukast av rørsle- og orienteringshemma.

Funksjonshemma er ei prioritert målgruppe for Husbanken sine låne- og tilskotsordningar. Gjennom ulike låne- og tilskotsordningar finansierer Husbanken tiltak for å betre tilgjenget i eksisterande bustader/bustadbygg og utemiljø, m a heis og spesialinnreiing i kjøkken. Funksjonshemma med låg inntekt kan få rimelege lån og tilskot til å kjøpe eigen bustad, og bustøtte for at buutgiftene skal bli overkomelege. Husbanken gir tilskot til bygging av bustader med livsløpstandard for funksjonshemma. Alle som byggjer bustad med livsløpstandard, kan få høgare lån.

I planperioden 1990-93 gjennomførde Rådet for funksjonshemma ein omfattande informasjonskampanje kalla «Funksjonshemmede i funksjon». Målet for kampanjen var å tilføre kommunane ny kunnskap om funksjonshemma og deira levekår, som grunnlag for nye tiltak for å betre tilhøva for funksjonshemma i den einskilde kommune.

3.4.1 Tiltak i planperioden

3.4.1.1 Kartlegging av behov for betre tilgjenge og utarbeiding av eigen handlingsplan

Kommunal- og regionaldepartementet vil i løpet av år 2000 kartleggje behovet for betring av tilgjenge generelt. I løpet av planperioden vil det bli utarbeida framlegg til ein handlingsplan for utbetring, under dette i kva typar bygg behovet er størst og kvar resultat raskt kan nåast.

3.4.1.2 Betre tilgjenge for funksjonshemma til statlege bygg - handlingsplan

Statsbygg har gjort ein detaljert gjennomgang av tilgjenget i si bygningsmasse og kartlagt behova for naudsynte betringar med omsyn til tilgjenge for funksjonshemma. Statsbygg vil på bakgrunn av denne kartlegginga utarbeide ein ny og oppdatert handlingsplan for tilgjenge i si bygningsmasse.

3.4.1.3 Informasjon for å redusere dispensasjon frå krav til tilgjenge

Kommunal- og regionaldepartementet vil gjennom informasjon og oppmodingar arbeide for at kommunane i mindre grad nyttar høvet til å dispensere frå krava til tilgjenge i plan- og bygningslovgjevinga, og at fylkeskommunane og kommunane i større grad oppfyller krava til tilgjenge ved nybygg.

3.4.1.4 Pålegg om utbetring av bygg regulert i eigen forskrift?

Kommunal- og regionaldepartementet vil innan utgangen av år 2000 vurdere om det er behov for forskrift som gir høve til å påleggje utbetring av eksisterande byggverk når det er naudsynt ut frå tungtvegande omsyn til helse, miljø, tryggleik eller tilgjenge.

3.4.1.5 Fleire bustader med livsløpsstandard

Det er eit mål å auke talet på bustader med livsløpsstandard. Kommunal- og regionaldepartementet vil derfor i løpet av 1999 initiere eit samarbeidsprosjekt mellom byggebransjen og funksjonshemma sine organisasjonar for å auke kunnskapen om og interessa for livsløpsstandard, samstundes som det vil bli utarbeidd informasjon om fordelane ved slik standard. Husbanken sine verkemiddel vil bli vurdert i denne samanhengen.

3.4.1.6 Evaluering av Husbanken sine låne- og tilskotsordningar for funksjonshemma

Husbanken sine personretta låne- og tilskotsordningar for funksjonshemma vil bli evaluert innan utgangen av år 2000.

3.4.1.7 Prosjekt: «Eit samfunn for alle»

«Eit samfunn for alle» er ei oppfølging og vidareføring av «Funksjonshemma i funksjon». Prosjektet, som blei starta opp i 1998 og vil bli avslutta i 2001, er eit samarbeidsprosjekt mellom fleire departement og funksjonshemma sine organisasjonar. Målgruppe er både nøkkelpersonar i kommunane og funksjonshemma sjølv. Målet er å leggje tilhøva til rette for funksjonshemma til reell innverknad på eige liv, både når det gjeld individuelle tenester og i høve til ei generell tilrettelegging i lokalmiljøet. Prosjektet skal formidle kunnskap om brukarmedverknad og samhandling, utvikle verktøy til bruk i dette arbeidet og medverke til å skape lokale arenaer og kultur for brukarmedverknad. Prosjektet skal utarbeide ein informasjons- og opplæringspakke som er samansett av fjernsynsprogram, hefte med skriftleg informasjon og eigne Internett-sider. Det skal lagast ein CD-ROM med oversikt over hjelpemiddelområdet og det regelverk som gjeld for dette.

3.4.1.8 Tilgjenge til møterom og hotell som departementa nyttar

Sosial- og helsedepartementet vil i 1999 ta initiativ til at alle departement skal spørje etter og nytte møterom og hotell som er tilgjengelege for funksjonshemma, når dei planlegg møter og konferansar m v. Eit prosjekt frå tidlegare handlingsplanperiode «Reise- og friluftsliv i Nordland», har utarbeidd eit system med kriterium for korleis ein kan vurdere tilgjenge. Departementet vil byggje på «Nordlandsmodellen».

3.5 Opplæring

Det er eit overordna utdanningspolitisk mål å gi alle elevar eit likeverdig opplæringstilbod. Opplæringa skal gi barn og unge del i eit sosialt, fagleg og kulturelt fellesskap og samstundes gi grunnlag for vekst i individuelle føresetnader og ulikskapar. Elevar som har behov for tilpassa opplæring, eller har lovfesta rettar, kan nyte godt av eit tilbod som i stor grad er individuelt tilrettelagt.

Tilpassa og likeverdig opplæring er eit overordna prinsipp som skal kome til utrykk i all verksemd i barnehagar, skular og andre pedagogiske institusjonar. Innanfor høgare utdanning gjeld det politiske prinsippet om lik rett til utdanning som institusjonane må halde seg til. Utan omsyn til bakgrunn, evner og funksjonshemmingar, skal alle i samanheng med opplæring møte utfordringar i samsvar med sine føresetnader. Dette krev individuell tilpassing med utgangspunkt i sentralt fastsette læreplanar innanfor dei ulike opplæringsområda, der føremålet er å utvikle eit best mogeleg pedagogisk tilbod.

Evna og høvet til kommunikasjon med andre er grunnleggjande for å kunne fungere i samfunnet. I denne handlingsplanen er det lagt vekt på tiltak for personar med språk- og talevanskar.

Elevar med særskilde opplæringsbehov i grunn- og vidaregåande skule har rett til tilrettelagt opplæring. Stadig fleire elevar med funksjonshemming får studiekompetanse og ønskjer å ta høgare utdanning. For å kunne møte denne utviklinga vil det bli satsa på tiltak knytt til høgare utdanning.

3.5.1 Tiltak som vert ført vidare

3.5.1.1 Betra tilgjenge til universitet/høgskular

Ordninga med at 5% av vedlikehaldsløyvinga til universitet og høgskular skal nyttast til tilrettelegging for funksjonshemma studentar, blir ført vidare.

3.5.1.2 «Second Chance gjennom fjernundervisning» EU-prosjekt

Målet er å betre vaksne funksjonshemma sitt tilgjenge til etter- og vidareutdanning. Prosjektet, som vart starta opp i 1997 og vil bli sluttført i 1999, omfattar m a opplegg for Examen philosophicum som fjernundervisning for funksjonshemma. Den nasjonale oppfølginga er støtta av Kyrkje-, utdannings- og forskingsdepartementet. Prosjektansvarleg er Funksjonshemmedes Studieforbund og Funksjonshemmedes Fellesorganisasjon.

3.5.1.3 Produksjon av lærebøker (lydbøker og punktskrift) for blinde og svaksynte

Nasjonalt læremiddelsenter (NLS) har sett i gang ein ny behovs- og brukarstyrt modell for produksjon og utlån av lydbøker av godkjende læreverk til L-97 til elevar med lese- og skrivevanskar. NLS samarbeider med kompetansesentra i synssektoren, slik at modellane og omfattar produksjon av lydbøker til synshemma elevar. Elevane kan bestille lydbøker i ønskt målform. Utvikling og produksjon av lydbøker for synshemma elevar og lærlingar, og for elevar og lærlingar med lese- og skrivevanskar i vidaregåande opplæring, blir følgd opp av Nasjonalt læremiddelsenter. Punktskriftproduksjonen vil bli auka for å sikre punktskriftbrukarar god tilgang til godkjende læreverk.

3.5.1.4 Opplæring i teiknspråk

Tiltaka i denne perioden følgjer opp tiltaka i føregåande periode, m a blir det satsa på teiknspråkopplæring i vidaregåande opplæring og opplæringstilbod i teiknspråk for foreldre som allereie har ein del teiknspråkkunnskap.

3.5.1.5 Etterutdanning

Etterutdanning om særskilt tilrettelagt opplæring for lærarar og instruktørar i vidaregåande opplæring blir ført vidare.

3.5.1.6 Sentralt brukarforum

Kyrkje-, utdannings- og forskingsdepartementet vil føra vidare drifta av Sentralt brukarforum i samarbeid med brukarorganisasjonane. Forumet er brukarstyrt og skal vere ein arena for gjensidig dialog og informasjon mellom brukar og departement. Brukarane får her høve til å kome tidleg med i avgjerdsprosessen når det gjeld opplæringstilbod for barn, unge og vaksne med særskilde behov.

3.5.2 Tiltak i planperioden

Tiltaksplanar for funksjonshemma på utdanningsområde

3.5.2.1 Tiltaksplan

Kyrkje-, utdannings- og forskingsdepartementet vil hausten 1998 utarbeide ein eigen plan over tiltak for funksjonshemma innan departementet sitt område. Fleire av tiltaka vil være ei oppfølging av St meld nr 23 (1997-1998) Om opplæring for barn, unge og vaksne med særskilde behov og Innst S nr 228 (1997-1998).

3.5.2.2 Handlingsplanar for funksjonshemma ved universitet og høgskular

Alle høgre utdanningsinstitusjonar blir pålagt å utarbeide handlingsplanar for funksjonshemma studentar i løpet av 1999. Institusjonane rådfører seg med brukarane i dette arbeidet.

3.5.2.3 Kontaktperson for funksjonshemma ved alle utdanningsinstitusjonar

Innan utgangen av 1999 skal det peikast ut ein fast kontaktperson ved alle utdanningsinstitusjonar som gir studentar informasjon om korleis lærestad og studium er tilrettelagt for ulike grupper funksjonshemma.

3.5.2.4 Informasjonsplan om fagopplæring i arbeidslivet

Det vil i løpet av planperioden bli utarbeida ein informasjonsplan for å gjere fagopplæring i arbeidslivet og støtteordningar tilknytt den betre kjent for funksjonshemma.

Vidaregåande- og høgare opplæring

3.5.2.5 Mot studie- eller yrkeskompetanse for ungdom med funksjonshemming

Kyrkje-, utdannings- og forskingsdepartementet har i 1998 sett i gang eit prosjekt som vil gå over tre opplæringsår. Hovudmål for prosjektet er å betre høva for ungdom med funksjonshemming til å gjennomføre og fullføre vidaregåande opplæring fram mot studie- eller yrkeskompetanse, som elevar i ordinære klassar. Brukarane er representert ved Funksjonshemmedes Fellesorganisasjon i sentral oppfølgingsgruppe for prosjektet.

Forskings-, utgreiings- og utviklingsarbeid

3.5.2.6 Forsking på bruken av spesialpedagogiske tiltak for vaksne i kommunane

Prosjektet, som vil strekke seg frå 1998 til år 2000, skal analysere spesialpedagogiske tiltak som element i kommunale habiliterings- og rehabiliteringstiltak for vaksne med rettar i høve til § 5.2 i opplæringslova. Prosjektet vert utført av Møreforsking på oppdrag frå Kyrkje-, utdannings- og forskingsdepartementet.

3.5.2.7 Brukarstyrt prosjekt om forsøk med organisering og metodar i opplæring for afasiramma

I opplæringsfasen kan afasiramma ha nytte av eit opplæringstilbod basert på eit breitt fundament. I 1998 vil det bli starta opp eit prosjekt som m a vil ta føre seg organisering og metodar i opplæring av afasiramma. Vidare vil prosjektet omfatte kartlegging av mogelege typar fagpersonell og gi erfaring med rekruttering av personell og mogelege vikarordningar med vegleiing. Prosjektet vil gå over eit år.

3.5.2.8 Studiefinansiering

Spørsmålet om stipendiering av studentar som blir forseinka i utdanningen pga funksjonshemming skal utgreiast i løpet av 1999.

3.5.2.9 Tilrettelagde norskprøver for funksjonshemma vaksne innvandrarar

Tilrettelagde norskprøver for funksjonshemma vaksne innvandrarar skal utviklast i løpet av 1999. Kyrkje-, utdannings- og forskingsdepartementet har gitt oppdraget til Norsk Språktest, Universitetet i Bergen.

3.5.2.10 Nettverk for tiltak for vaksne med lese- og skrivevanskar - prosjekt

Betre samordning og samarbeid mellom aktørar og tilbydarar innan tiltak for vaksne med lese- og skrivevanskar er viktig. Hovudmålet er fagleg utvikling og spreiing av kunnskap frå prosjekt. Statens ressurs- og vaksenopplæringssenter er koordineringsansvarleg for prosjektet på oppdrag frå Kyrkje-, utdannings- og forskingsdepartementet. Nettverket er etablert i 1998.

Læremiddel- og materiellutvikling

3.5.2.11 Behov for tilrettelagt studiemateriell

Kulturdepartementet vil i samarbeid med Kyrkje-, utdannings- og forskingsdepartementet setje i gang ei utgreiing for å kartleggje det behovet funksjonshemma studentar og yrkesaktive har for tilrettelagt studiemateriell. Utgreiinga, som skal vere ferdig i løpet av 1999, vil bli brukt som grunnlag for betre produksjon av slikt materiell.

3.5.2.12 Læremiddel til døve barn

Utvikling og produksjon av læremiddel til døve elevar i grunnskulen blir følgt opp av Nasjonalt læremiddelsenter.

3.5.2.13 Dåps- og konfirmasjonsopplæringsmateriell for døve, blinde og svaksynte barn og unge

I løpet av planperioden vil det bli utvikla dåps- og konfirmasjonsopplæringsmateriell for døve, blinde og svaksynte barn og unge.

Teiknspråk

3.5.2.14 Utvikling av teiknordbok og betra nettverksopplæring i teiknspråk

Det vil bli gjennomført to brukarstyrte tiltak, eitt om utvikling av teiknordbok, og eitt om vidareføring av nettverksopplæring i teiknspråk for nærpersonar til døve barn. Desse tiltaka skal være avslutta innan utløpet av planperioden.

3.5.2.15 Betre tolkeutdanning for døve

Kyrkje-, utdannings- og forskingsdepartementet vil etablere eit høgskuletilbod for høyrande som skal gi kommunikative kunnskapar i praktisk teiknspråk. Kunnskapane skal vere på eit nivå som kvalifiserer for opptak til yrkesutdanning som krev kunnskap i teiknspråk, og til utdanning som kvalifiserer lærarar for undervisning av døve eller sterkt høyrselshemma.

3.5.2.16 Betre organisering av tolketenesta for døve

På bakgrunn av Stortinget sitt vedtak, jf Innst S nr 228 (1997-98) vil Kyrkje-, utdannings- og forskingsdepartementet følgje opp spørsmålet om organisering av tolketenesta for døve på ulike utdanningsnivå.

3.5.2.17 Vaksenopplæring for døve med andre funksjonshemmingar

Frå 1999 skal det gjevast tilskott til eit prosjekt om korttidstilbod tilpassa vaksenopplæring i teiknspråkleg miljø for døve med ulike funksjonshemmingar i tillegg. Personale frå det kommunale hjelpeapparatet følgjer med og går gjennom korleis dei kan følgje opp den einskilde deltakar på heimstaden.

Kompetanseutvikling for fagpersonell

3.5.2.18 Program for å heve kompetansen

Det vil i løpet av 1999 bli sett i gang eit handlingsretta kompetanseutviklingsprogram for PP-teneste og skuleleiarar om sosioemosjonelle vanskar, dysleksi og systemretta arbeid. Dette er ei oppfølging av St meld nr 23 (1997-98) Om opplæring for barn, unge og vaksne med særskilde behov.

3.6 Transport og kommunikasjon

Samferdselsystemet skal tilretteleggjast slik at menneske med funksjonshemming i størst mogeleg grad kan gjere bruk av ordinære transport-, post- og teletenester.

I tillegg er det nokre spesialordningar som det er viktig å føre vidare:

  • ordninga med porto- og avgiftsfri framsending av blindeskrift både til innland og utland

  • ordninga med økonomisk støtte til høyrselshemma sin telefonbruk (opptil 150 gratis teljarsteg pr. kvartal, til brukarar knytt til teksttelefonordninga)

  • ordninga med kompensasjon til synshemma for samtalar til Opplysninga ved at det blir sett ein fast pris for kvar samtale til tenesta på kr 2,50.

Meir spesialiserte og målretta tiltak kan vere naudsynt for enkelte, og må supplere tilrettelegginga av ordinære system, t d forskrift om parkering for funksjonshemma. Samferdselsdepartementet legg likevel til grunn at tiltak og tilrettelegging for funksjonshemma skal vere ein integrert del av den generelle aktiviteten på samferdselsektoren. Departementet ønskjer dessutan å trekkje inn kompetansen til funksjonshemma, m a gjennom regelbundne kontaktmøte med aktuelle organisasjonar.

Det ligg ei viktig utfordring i å medverke til at alle forvaltningsnivå i samferdselsektoren får auka kunnskap om tilrettelegging for funksjonshemma. Det er også viktig å skape medvit slik at omsynet til menneske med funksjonshemming inngår som ein sjølvsagt del av all planleggings- og investeringsaktivitet innan sektoren.

Samferdselsdepartementet la i 1997 fram ein handlingsplan for funksjonshemma i samferdselsektoren. Denne planen gir ei systematisk oversikt over tiltak innan sektoren som har innverknad for funksjonshemma.

3.6.1 Tiltak i planperioden

3.6.1.1 Samla transportplan

Våren 2000 skal Samferdselsdepartementet og Fiskeridepartementet leggje fram ein samla nasjonal transportplan. Spørsmål som gjeld transport for funksjonshemma inngår i grunnlaget for planarbeidet.

3.6.1.2 Fremje FOU-arbeid om funksjonshemma sin bruk av telekommunikasjon

Samferdselsdepartementet legg opp til at det i konsesjonsvilkåra for Telenor vil bli fastsett krav om at selskapet skal sørgje for tilfredsstillande forsking og utvikling når det gjeld funksjonshemma, eldre og andre brukarar som har behov for spesialtilpassing av telekommunikasjonstenester.

3.6.1.3 Utvikling av tilrettelagt transport

Samferdselsdepartementet vil prioritere søknader frå fylkeskommunane som gjeld transport for funksjonshemma innanfor departementet si tilskotsordning for rasjonell og miljøvennleg transport.

3.6.1.4 Tilrettelegging av tilgjenge for funksjonshemma til transportmidla buss og jernbane

Med utgangspunkt i gjeldande lovverk der det eksisterer heimlar som gir høve til å stille krav om tilgjenge, vil departementet vurdere kva verkemiddel som skal takast i bruk for å oppnå dette. I første omgang vil arbeidet fokusere på transportmidla buss og jernbane, herunder sporveg og tunnelbane. Framlegg til verkemiddel er utarbeiding av vegleiing, framlegg om standardar til bruk ved konsesjonstildeling, m v. Til dømes har Samferdselsdepartementet bede NSB BA om at det ved innkjøp av nytt materiell blir teke omsyn til funksjonshemma.

3.6.1.5 Krav ved godkjenning av køyretøy som skal nyttast ved utvida drosjeløyve

Det blir arbeida med tilpassingar i køyretøytekniske krav som skal gjelde ved godkjenning av køyretøy som skal nyttast ved utvida drosjeløyve.

3.7 Kultur og fritid

Regjeringa vil på kultur- og fritidsområdet søkje å leggje til rette for ei utvikling som gir oppleving og deltaking for den enkelte - som grunnlag for innsikt, utvikling og livskvalitet. Det er eit mål at funksjonshemma skal ha reelle høve til å delta i kulturlivet i brei forstand på lik line med andre.

På kultur- og fritidsområdet er FN sin standardregel om tilgjenge supplert med eigne reglar, nr 10 og 11, som fastset at statane skal sikre at menneske med funksjonshemming blir inkluderte og kan delta i kulturelle aktivitetar på lik line med alle andre. Statane skal iverksetje tiltak for å sikre at menneske med funksjonshemming får like høve til fritids- og kulturaktivitetar. Desse utfordringane er sentrale i grunnlaget for staten sin politikk på området.

Kulturdepartementet vil samarbeide med interesseorganisasjonane for funksjonshemma for å sikre kvaliteten på tiltaka for funksjonshemma.

Hovuddelen av kultur- og fritidsaktivitetane finn stad, og har si forankring, i lokalsamfunna, både i kommunal og i dei frivillige organisasjonane sin regi. Regjeringa vil leggje best mogeleg til rette for kommunane og dei frivillige organisasjonane sitt arbeid for likeverdige tilbod på kultur- og fritidsområdet.

Idrettspolitikken har idrett for alle som hovudmål. Kulturdepartementet vil ut frå dette arbeide for at flest mogeleg skal få høve til å utøve idrett i sitt nærmiljø, etter sine føresetnader, ønskje og behov. Samarbeidet med den organiserte idretten står sentralt for å nå dette målet.

Organiserte fritidsaktivitetar og kontakt med jamnaldrande er to viktige arenaer for utvikling av sosial intelligens og sosial kompetanse hos barn. Barn som er funksjonshemma har ofte eit anna aktivitetsmønster enn andre barn. Dette kan medføre mindre deltaking i organiserte fritidsaktivitetar som idrettslag, skulekorps, speidar o l.

Ungdom med funksjonshemmingar har gjennomgåande eit noko lågare aktivitetsnivå i høve til fritidsaktivitetar som t d trening i idrettslag, møte eller øving i foreining eller lag og jobb etter skuletid.

3.7.1 Tiltak som vert ført vidare

3.7.1.1 Likt høve til deltaking i idrett og fysiske aktivitetar

Kulturdepartementet arbeider for å gi funksjonshemma høve til å delta i idrett og fysiske aktivitetar, ved støtte til idrettsarrangement for ulike grupper funksjonshemma og tilskot til fylkeskommunale kurs og konferansar om tilrettelegging av aktivitet.

3.7.1.2 Teiknspråktolking av teaterframsyning

Støtta til teiknspråktolking av teaterframsyning vil bli vidareført.

3.7.1.3 Helse og kultur

Helse og kultur er eit forsøksprogram som er eit samarbeid mellom Sosial- og helsedepartementet, Norsk kulturråd, Rikskonsertane, kommunar og fylkeskommunar. Det er sett i gang forsøk for å få erfaringar som kan dokumenterast på korleis kultur kan brukast i det førebyggjande, helsefremjande og rehabiliterande arbeidet. Målet er å auke sjølvrespekten og evna til å meistre for grupper med kroniske lidingar og funksjonshemma, samt å auke folk si deltaking i lokalsamfunnet generelt.

3.7.2 Tiltak i planperioden

3.7.2.1 Auka tilgjenge til kulturbygg og idrettsanlegg

Kulturdepartementet har eit regelverk for tildeling av midlar som krev at alle nye bygg og anlegg er tilrettelagt for funksjonshemma. Departementet har og ei eiga tilskotsordning som gir støtte til ombygging av eldre bygg og anlegg slik at dei kan bli tilpassa funksjonshemma sine behov. Endra reglar i plan- og bygningslovgjevinga stiller nye krav til slike bygg og anlegg, slik at informasjonsmateriellet om ordningane må reviderast. Dette arbeidet vil bli sluttført våren 1999.

3.7.2.2 Prosjektet «Idrett for alle»

Kulturdepartementet støttar eit treårig prosjekt som er sett i gang av Norges Idrettsforbund og Olympisk Komité for å integrere funksjonshemma i norsk idrett ved at særforbunda tar ansvar for å gi eit tilbod gjennom sine lag. Barne- og familiedepartementet og Sosial- og helsedepartementet finansierer over ordinært budsjett eit delprosjekt i perioden 1998-2000 knytt til utvikling og overføring av kompetanse.

3.7.2.3 Kulturmedverknad for barn og unge med sansehemmingar

Prosjekter om skulefritidsordninga som arena for kulturaktivitetar. Målet er å skape større sosial kompetanse og tilhøyre innanfor ei ramme av felles opplevingar.

3.7.2.4 Døveteater/teiknspråkteater

Det vil i løpet av planperioden bli sett i gang eit treårig forsøksprosjekt med teiknspråkteater med sikte på å etablere eit utvida teatertilbod for døve og høyrselshemma.

3.7.2.5 Turnéverksemd - betring av tilgjenge for funksjonshemma til kulturopplevingar

Kulturdepartementet vil betre tilgjenget for funksjonshemma til kulturopplevingar gjennom auke av sentrale kulturinstitusjonar si turnéverksemd og vektlegging av naudsynt tilrettelegging.

3.7.2.6 Gjere det nye Kulturnett Noreg tilgjengeleg for flest mogeleg

Kulturdepartementet har sett i gang eit fireårig prosjekt for å samordne formidling av norsk kultur i elektronisk form, Kulturnett Noreg. Prosjektet skal gå i heile planperioden. Alle dei fire sektornetta - arkiv, bibliotek, museum og kunst - som skal inngå i Kulturnett Noreg, skal være allment tilgjengelege via Internett før årtusenskiftet.

3.7.2.7 Ordinære fritidstilbod - tilrettelegging for funksjonshemma barn og unge

Barne- og familiedepartementet vil medverke til at dei generelle fritidstilboda til barn og ungdom blir tilrettelagt slik at dei også er tilpassa barn og unge med funksjonshemming.

Mellom anna vil departementet her støtte seg til ei kartlegging av funksjonshemma barn og unge sine høve til å ta del i fritidsaktivitetar i dei ni største byane. Denne kartlegginga er gjort i samarbeid mellom departementet og Funksjonshemmedes Fellesorganisasjon.

3.8 Produktutvikling og ny teknologi

Regjeringa vil sikre tilgjenge til informasjons- og kommunikasjonsteknologi for funksjonshemma. Den teknologiske utviklinga har hatt og har mykje å seie for mange grupper funksjonshemma. IT har t d gitt rørslehemma med kommunikasjonsproblem høve til å føre eit sjølvstendig liv.

Nærings- og handelsdepartementet har i fleire år hatt ei satsing for å stimulere utviklinga av tekniske hjelpemiddel i Noreg. Ei evaluering av aktiviteten i Norsk nettverk for helseteknologi i perioden 1992 til 1996, gjennomført av Rogalandsforsking, viser at verksemdene på området tekniske hjelpemiddel for funksjonshemma har hatt ei positiv utvikling i denne perioden. Svar frå 23 bedrifter viser m a at:

  • talet sysselsette har auka frå 18-26 personar pr bedrift, dvs 44 % vekst

  • omsetjinga av tekniske hjelpemiddel har auka med 76% (til omlag 230 MNOK)

  • omsetjinga av medisinsk utstyr har auka med 70%

  • eksporten er nærare 3-dobla i perioden frå 1992 til 1996.

Det er eit monaleg potensiale for vidare vekst og utvikling i bransjen. Det er ei eiga tilskotsordning for norske produsentar av tekniske hjelpemiddel/medisinsk teknisk utstyr (FUNK-ordninga). FUNK-ordninga vart starta i den første planperioden og var samfinansiert av Nærings- og handelsdepartementet og Sosial- og helsedepartementet. Ordninga vart ført vidare gjennom den andre planperioden. Frå og med 1999 blir tiltak for å stimulere til auka produksjon av tekniske hjelpemiddel integrert i den generelle satsinga på næringsutvikling i helsesektoren.

3.8.1 Tiltak som vert ført vidare

3.8.1.1 Stimulere til auka produksjon av tekniske hjelpemiddel i Noreg

Satsinga i høve til bransjen som produserer tekniske hjelpemiddel skal halde fram i denne planperioden.

3.8.1.2 Tilrettelegging av tilgjenge for funksjonshemma som reiser i Noreg

Det er etablert eit samarbeid mellom reiselivsnæringa, brukarorganisasjonane og aktuelle departement for å betre tilrettelegginga og tilgjenget for funksjonshemma som reiser i Noreg. Dette arbeidet skal førast vidare i planperioden.

3.8.2 Tiltak i planperioden

3.8.2.1 Auka fokus på universell utforming/tilgjenge for alle i verkemiddelapparatet (Noregs forskingsråd og Statens nærings- og distriktsutbyggingsfond)

Nærings- og handelsdepartementet vil medverke til at universell utforming blir eitt av kriteria som verkemiddelapparatet skal leggje vekt på.

3.8.2.2 Nærings- og handelsdepartementet vil vurdere korleis det gjennom lovgjeving, konsesjonar o a kan vere mogeleg å sikre størst mogeleg grad av tilgjenge for alle

3.8.2.3 Kartleggje den totale marknaden for tekniske hjelpemiddel i primærhelsetenesta

Nærings- og handelsdepartementet og Sosial- og helsedepartementet har i ein 4-årsperiode finansiert eit prøveprosjekt i Helseregion 4 om innovasjonshjelp i helsesektoren. Prosjektet skal førast vidare som eit nasjonalt program i ein 5-årsperiode frå 1998. Ei av oppgåvene er å kartleggje marknaden for primærhelsetenesta generelt og tekniske hjelpemiddel spesielt.

3.8.2.4 Stimulere brukarar og helsepersonell til å engasjere seg i produktutvikling i samarbeid med næringslivet

For å sikre at næringslivet utviklar gode løysingar er det viktig at funksjonshemma er med i utviklingsprosjekt som rådgjevarar, både generelt og i samband med testing og utprøving. Nærings- og handelsedepartementet vil drøfte dette med funksjonshemma sine organisasjonar og lage retningsliner for korleis samarbeidet kan organiserast.

3.9 Trygd, helse og sosiale tenester

Menneske med funksjonshemming er ei viktig målgruppe for den ordinære verksemda i trygde-, helse- og sosialsektoren.

Frå 1998 har tiltak frå tidlegare handlingsplanperiodar vorte permanente tiltak.

Dette gjeld kompetansesenter for sjeldne og mindre kjende diagnosegrupper, SUITE (Sunnaas IT-enhet) og informasjonssekretariatet for IT.

Rikstrygdeverket har overteke ansvaret for SUITE. SUITE skal framleis gi tilbod til barn, unge og vaksne med rørslehemmingar og/eller hovudskadar frå heile landet.

Informasjonssekretariatet for IT, som skal samordne informasjon og andre aktivitetar i høve til IT for funksjonshemma, er integrert i DELTA-senteret. DELTA-senteret (deltaking og tilgjenge for alle) er eit 4-årig prosjekt under Rikstrygdeverket. Det skal medverke til auka tilgjenge for funksjonshemma ved å stimulere til utvikling av tekniske og ergonomiske hjelpemiddel og betre tilrettelagt miljø.

Kompetansesentra for små og mindre kjende diagnosegrupper blir vidareutvikla i handlingsplanperioden. Arbeidet blir leia av ei eining for koordinering av landsdekkjande tilbod til små og mindre kjende grupper funksjonshemma i Etat for rådssekretariat og einskilde helse- og sosialfaglege oppgåver m v.

Likemannsarbeid i funksjonshemma sine organisasjonar vart utprøvd som eit tiltak i dei to første fireårsperiodane av Regjeringa sin handlingsplan for funksjonshemma. Likemannsarbeid er ulike former for kontakt og støttearbeid mellom funksjonshemma som opplever situasjonar og behov som liknar kvarandre. Ordninga vart evaluert og vurdert som svært nyttig. Frå 1998 vart ordninga permanent. Om lag ein firedel av midlane skal nyttast til likemannsarbeid i høve til yrkesaktivitet/attføring, jf kap 6.

Brukarstyrt personleg assistanse er ei alternativ organisering av praktisk og personleg hjelp for sterkt funksjonshemma som har behov for assistanse i dagleglivet, både i og utanfor heimen. Brukaren sjølv har rolla som arbeidsleiar og tek på seg større ansvar for organisering og innhald i høve til sine behov. Innan dei timerammer som det ligg føre eit kommunalt vedtak om praktisk assistanse for, kan brukaren sjølv styre kven han/ho vil ha som hjelpar(ar), kva assistenten(ane) skal gjere, kvar hjelpa skal gjevast og på kva tidspunkt brukaren treng assistansen. Brukarstyringa vil følgjeleg kunne medverke til betre ressursutnytting og kvalitetssikring. Tenesta skal vere ein del av dei samla kommunale omsorgstenestene, og knytast til personen - ikkje til bustaden.

Sidan 1994 er det over statsbudsjettet gitt stimuleringstilskot til kommunar som prøver ut denne ordninga. I 1998 vart det gitt stimuleringstilskot til 190 kommunar (eksklusiv bydelar) fordelt på alle fylke, og til i alt 303 namngjevne brukarar. I tillegg har ei rekkje kommunar sett i gang ordninga uavhengig av stimuleringstilskotet.

Evalueringsrapportar frå Ressurssenteret for Omsorgstenester (1997) og Østlandsforsking (1997 og 1998) viser svært positive tilbakemeldingar både frå brukarane og kommunane.

Stortinget har i samband med handsaminga av Velferdsmeldinga og Sosial- og helsedepartementet sine budsjettproposisjonar for 1997 og 1998 vore oppteken av at ordninga med personleg assistanse skal gjerast til eit fast kommunalt tilbod. Sosialkomiteen uttalte i Innst S nr 114(1997-98):

«Komiteen vil be Regjeringen vurdere hvordan brukerstyrte personlige assistenter kan gjøres til et permanent tilbud til brukerne. Komiteen mener at regjeringen bør vurdere om ordningen med personlige assistenter bør lovfestes».

3.9.1 Tiltak som vert ført vidare

3.9.1.1 Brukarstyrt personleg assistanse

I 1999 vil det bli gjeve tilskott til personleg assistent til nye brukarar i, og til vidareføring for dei kommunane som alt har ordninga.

3.9.1.2 Kompetanseoppbygging rundt IT-hjelpemiddel

Vidareføring av prosjektet Nord-norsk IT-eining (NONITE). Hovudmålsetjing er etablering av permanent samhandlingsnettverk som skal medverke til å styrkje formidling og bruk av IT-baserte hjelpemiddel for barn og unge, inklusiv samiskspråklege, med funksjonshemmingar.

3.9.1.3 Fagvegleiarar innan rehabilitering

Statens helsetilsyn har sett seg føre å utarbeide fem faglege rettleiarar om rehabilitering av ulike grupper funksjonshemma. Desse skal vere eit bidrag til å sikre kvaliteten på arbeidet både i primær- og spesialisthelsetenesta.

Desse rettleiarane er utarbeidde:

  • Rettleiar i rehabilitering av slagramma

  • Rettleiar i habilitering av barn og unge

Desse rettleiarane vil verte utarbeida:

  • Rehabilitering av menneske med sansetap

  • Rehabilitering av menneske med progredierande nevrologisk sjukdom

  • Rehabilitering av menneske med lungesjukdomar

3.9.1.4 Synleggjering av unge funksjonshemma med innvandrarbakgrunn

Prosjektet er sett igang av Funksjonshemmedes fellesorganisasjon og skal gje auka merksemd om gruppa sin situasjon i det norske samfunnet. Prosjektet vender seg både til det offentlege tenesteapparatet, til organisasjonar og miljø av innvandrarar og flyktningar, og til funksjonshemma sine organisasjonar. Prosjektet tek sikte på å nytte ressurspersonar med kultur- og språkkompetanse for å hjelpe til med oppsøkjande verksemd, informasjonsformidling og etablering av kontaktar i innvandrar- og flyktningmiljø.

3.9.1.5 Prosjekt for auka medvit og engasjement i dei mange innvandrarorganisasjonane i høve til funksjonshemma og eldre innvandrarar

Prosjektet er finansiert av Sosial- og helsedepartementet og blir utført av Norsk folkehjelp og reknast avslutta i 1999.

3.9.1.6 DELTA-senteret

Føre vidare «Senter for tekniske hjelpemiddel og tilrettelegging av miljø for funksjonshemma», eit fireårig prosjekt som starta i 1997. DELTA-senteret har og ei viktig rolle som formidlar av informasjon. Rikstrygdeverket har ansvar for prosjektet. Styringsgruppa er leia av ein representant frå funksjonshemma sine organisasjonar.

3.9.1.7 Treningshusvære utanfor institusjon

Målgruppa er varig fysisk funksjonshemma frå heile landet og som bur i institusjon eller vurderer å flytte inn i institusjon. Målet er at den funksjonshemma skal kunne bu åleine eller saman med pårørande. Det blir utprøvd kva hjelpetiltak og hjelpemiddel som er naudsynte for å oppnå optimal grad av sjølvhjelp i eigen bustad. Erfaringane under treningsopphaldet blir lagt til grunn for utforming av bustad i heimkommunen, kjøp av hjelpemiddel og tilbod om tenester. Heimkommunen får tilbod om rådgjeving. Prosjektet omfattar to husvære i Oslo og blir forlenga t o m år 2000. Departementet vil vurdere om det er behov for å etablere liknande tilbod i andre delar av landet.

3.9.1.8 Kognitiv rehabilitering

KreSS-prosjektet (kognitiv rehabilitering, Sunnaas sykehus) er eit prosjekt finansiert av Sosial- og helsedepartementet og Oslo kommune. Eininga gir tilbod til personar som har fått kognitiv funksjonssvikt. Eininga sine oppgåver er m a rehabilitering og å byggje opp og spreie kompetanse i samarbeid med personar med kognitiv funksjonssvikt og deira pårørande. KreSS utgir omfattande informasjonsmateriell og held kurs for brukarar og fagpersonell frå heile landet. Prosjektet vil vare heile planperioden.

3.9.2 Tiltak i planperioden

Brukarstyrt personleg assistanse

3.9.2.1 Lovfesting av tilbod om brukarstyrt personleg assistanse

Sosial- og helsedepartementet har i budsjettproposisjonen for 1999 varsla et det vil bli fremja lovframlegg om at kommunane får ei plikt til å etablere ordninga med personleg assistent på same vis som andre sosiale tenester. Lovfestinga skal skje ved endring av sosialtenestelova § 4-2 a. Lovendringa skal gjelde frå 01.01.2000.

3.9.2.2 Informasjonsfilm og brosjyre

Det vil i 1999 bli laga informasjonsfilm og ny brosjyre om brukarstyrt personleg assistanse.

3.9.2.3 Konferansar og kurs

For brukarar, pårørande, assistentar, kommunetilsette og lokalpolitikarar vil det i 1999 bli organisert regionale konferansar om brukarstyrt personleg assistanse. Det vil og bli organisert arbeidsleiarkurs for brukarar.

Kunnskap- og kompetanseutvikling

3.9.2.4 Kompetansenettverk for døvblinde (døvblindfødde og døvblindblitte)

Sosial- og helsedepartementet og Kyrkje-, utdannings- og forskingsdepartementet skal etablere eit nasjonalt kompetansesystem for døvblinde med basis i noverande kompetansesentra for døvblindfødde frå 01.01.1999. Det skal vere eit støttesystem for kommunane og fylkeskommunane og gi individuelle tenester.

3.9.2.5 Kompetansenettverk for døvblitte/sterkt tunghøyrtblitte

I løpet av 1999 vil det bli gjort framlegg til organisering av rehabilitering av døvblitte/sterkt tunghøyrtblitte. Siktemålet er betre samordning av dei eksisterande instansar som har ansvar i høve til målgruppa.

3.9.2.6 Høyrselshjelparar

Hørselshemmedes Landsforbund skal i 1998 setje i gang eit treårig prosjekt med mål om eit einsarta tilbod om høyrselhjelparar i alle kommunar. Høyrselshjelparar er høyrselshemma som har skulert seg i å gi råd og vegleiing til andre høyrselshemma, særleg i bruk og stell av høyreapparat og andre tekniske hjelpemiddel. Det skal utdannast fleire høyrselshjelparar og lagast rutiner for samarbeid mellom høyrselsentralar og lokale høyrselskontaktar om bruk av tenesta.

3.9.2.7 Heilskapleg tilbod til høyrselshemma

Brukarar og fagfolk opplever tenestetilbodet innan norsk høyrselsomsorg som fragmentert. Ansvars- og oppgåvefordelinga mellom etatar og nivå er uklår og til dels uryddig, noko som hemmar samarbeid og gjer rehabiliteringa av høyrselshemma vanskeleg. I handlingsplanperioden vil Sosial- og helsedepartementet vurdere organiseringa av ressursane på fylkesnivå og i kommunane, og kome med framlegg som kan sikre eit meir heilskapleg rehabiliteringstilbod. Dette vil bli gjennomført i nært samarbeid med brukarorganisasjonane og aktuelle faggrupper.

3.9.2.8 Konferanse for tolketenesta for døve

Konferansen skal arrangerast hausten 1998 av Noregs døveforbund med deltaking frå Kyrkje-, utdannings- og forskingsdepartementet, Sosial- og helsedepartementet og Rikstrygdeverket. Konferansen har som mål å få ei heilskapleg tilnærming til tolketenesta både med omsyn til rekruttering, utdannning, rettar, organisering, formidling, refusjonar og klageordning. Resultat fra konferansen skal nyttast i departementa sitt vidare arbeid med same mål.

3.9.2.9 Etablere ein nasjonal innsats for gruppene ADHD, Tourette syndrom og narkolepsi

Sosial- og helsedepartementet og Kyrkje-, utdannings- og forskingsdepartementet vil etablere den nasjonale kompetanseeininga som eit fast tilbod frå 1999.

3.9.2.10 Kartlegging, samling og spreiing av informasjon om innvandrarar med funksjonshemmingar

Kommunal- og regionaldepartementet og Sosial- og helsedepartementet gir støtte til eit prosjekt som skal systematisere eksisterande kunnskap og samle inn ny kunnskap om situasjonen for innvandrarar med funksjonshemming. Hovudmål er å utvikle informasjonsmateriell og formidle informasjon tilbake om verdisyn, om norsk politikk i høve til funksjonshemma og om velferds- og tiltaksordningar. Prosjektet vert avslutta i 1999.

3.9.2.11 Kompetanse på innvandringspolitiske problemstillingar

Frå 1999 skal det gjennomførast eit toårig prøveprosjekt med mål å byggje opp FFO sin kompetanse på innvandringspolitiske problemstillingar og leggje grunnlag for kontaktskapande aktivitet i høve til innvandrarar med funksjonshemming.

3.9.2.12 Informasjonsopphald for innvandrarfamiliar med funksjonshemma barn ved Frambu frå 1999

Rapportar frå tidlegare Frambuopphald for pakistanske familiar syner at informasjonsopphald for grupper med same språk og kulturell bakgrunn er viktig for at familiane skal kunne mestre dagleglivet. Frambu skal i tillegg gjennom kurstilbod bidra til auka kunnskap hos tenesteytarane.

3.9.2.13 Prosjekt: Å eldast med funksjonshemming

Prosjektet skal gi kunnskap om aldring hos personar med medfødd eller tidleg oppstått funksjonshemming. Problemstillingar om tidleg aldring, slitasje, sosiale og medisinske tilhøve og særlege behov i høve til andre eldre skal inngå. Prosjektet skal vurdere mogelege tiltak som kan ha førebyggjande effekt, og det skal danne grunnlag for kompetanseheving og spreiing av informasjon.

3.9.2.14 Etablere varig kompetansenettverk om autisme

Programmet for utvikling av kompetanse for autistar starta opp i 1993 som eit 5-årig utviklingsprogram. Ei evaluering av programmet slår fast at ein har fått ei positiv kompetanseutvikling i fylka. Frå 1999 vert programmet for utvikling av autismekompetanse ført vidare som eit varig kompetansenettverk i eit samarbeid mellom Sosial- og helsedepartementet og Kyrkje-, utdannings- og forskingsdepartementet. Nettverket skal gje tilbod om tenester til menneske med autisme i alle deler av landet. Kompetansenettverket vil rapportere til departementa gjennom planar, årsmeldingar og rekneskap.

3.9.2.15 Etterutdanningstilbod for legar og anna helsepersonell

Etterutdanningstilbod for legar og anna helsepersonell om formidling av diagnosar til familiar som får barn med alvorlege funksjonshemmingar. Oppfølging av kurs som vart haldne i samarbeid med Den norske lægeforening i 1996. Gjennomføring av eitt etterutdanningskurs pr år frå og med 1999 og utarbeiding av handbok i løpet av planperioden.

3.9.2.16 Utprøving av etterutdanning for tannhelsepersonell i offentleg og privat verksemd om sjeldne medisinske tilstandar

Sosial- og helsedepartementet vil i planperioden gi tilskott til utprøving av opplegg utarbeidd ved Odontologisk fakultet, Universitetet i Oslo. Opplegget har som mål å auke kunnskapen om oralmedisinske tilhøve hos personar med sjeldne funksjonshemmingar.

Helse

3.9.2.17 Handlingsplan for førebygging av astma, allergi og inneklimasjukdomar 1998-2002

Planen handlar i hovudsak om primærførebyggjande tiltak. Enkelte av tiltaka rettar seg mot dei som alt er sjuke m a har matallergi. Dei merkereglane for matvarer som gjeld i dag, og som byggjer på internasjonale tilrådingar, er ikkje tilfredsstillande for allergikarar. I handlingsplan for førebygging av astma, allergi og inneklimasjukdomar vil Sosial- og helsedepartementet gjere framlegg om å utarbeide retningsliner for betre spesifisering på frivillig basis, informasjon om merking av matvarer, utarbeide informasjon med kostråd, informasjon om merking til forbrukarar med matvareallergi og - intoleranse, og å sikre tilstrekkeleg analysekompetanse når det gjeld allergen i mat. Departementet vil vidare gjere framlegg om ei generell forskrift for produksjon, import og frambod av kosmetikk og kroppspleieprodukt, med retningsliner for å deklarere kva kjemikalier produkta inneheld. Det vil og bli utarbeida materiell som er tilgjengeleg for lesehemma.

3.9.2.18 Hjelpetelefon for personar med tinnitus og morbus meniere frå 1999

Målet med hjelpetelefonen er å gjere det mogeleg for personar som er ramma av tinnitus og morbus meniere å få informasjon, praktiske råd og psykisk støtte så tidleg som mogeleg. Prosjektet skal gå i regi av Hørselshemmedes landsforbund med tilskott frå Sosial- og helsedepartementet og vare ut planperioden.

3.9.2.19 Teksttelefon til døve og talehemma på sjukehus

Døve og talehemma må i dag snakke via formidlingssentral når dei skal vende seg til lege. Ved sjukehusopphald har dei ikkje høve til kontakt med pårørande og andre utanfor sjukehuset. Sosial- og helsedepartementet vil i 1999 utarbeide eit rundskriv som oppmodar til kjøp av transportabel teksttelefon for pasientar/pårørande ved sjukehus.

3.9.2.20 Etablering av tolketilbod for brukarar av teiknspråk ved sjukehusopphald

Sosial- og helsedepartementet vil i 1999 sende ut eit rundskriv til sjukehus som oppmodar om at det må skaffast teiknspråktolkar for brukarar av teiknspråk ved sjukehusopphald.

3.9.2.21 Opplegg for samtale- og sjølvhjelpsgrupper

På oppdrag frå Sosial- og helsedepartementet vil Funksjonshemmedes studieforbund utarbeide eit opplegg for å førebyggje psykiske lidingar hos menneske med funksjonshemmingar. Arbeidet starta i 1998 og blir fullført i 1999.

3.9.2.22 Tilrettelegging for rørslehemma og orienteringshemma ved legekontor og lokale for fysioterapeutar

Mange legekontor og fysioterapilokale er utilgjengelege for rørslehemma og orienteringshemma.Ved innføringa av fastlegereforma vil mange legar ha sin praksis i same lokale som tidlegare. Dersom desse ikkje er tilfredsstillande m o t tilgjenge, bør kommunen koma til semje med legane om utbetring av tilkomst. Departementet vil i samband med informasjon om fastlegereforma i 1999 oppmode kommunane om å stille krav til god tilgjenge når dei inngår fastlegeavtaler med legar som skal opne praksis eller flytte praksis innafor kommunen.

Sosial

3.9.2.23 Ansvarsgruppemodellen - vegleiar til kommunane

Sosial- og helsedepartementet vil i 1999 utarbeide ein vegleiar til kommunane om bruk av ansvarsgrupper eller andre gode løysingar som t d kontaktpersonar.

3.9.2.24 Avlasting og støttekontakttenester for døve - stimuleringstiltak

Det vil i løpet av 1999 bli sett i verk stimuleringstiltak for å få kommunane til å ta i bruk opplæringspakke i teiknspråk frå Norsk fjernundervisning. Eit av måla er å etablere avlastingstilbod for døve der det er personell som kan bruke teiknspråk.

3.9.2.25 Betre avlastingstilbod

Det vil i 1998, slik sosialkomiteen har bede om , bli utført ei kartlegging av kor mange som tek imot avlastingstilbod og kva slag tilbod dei får. På grunnlag av kartlegginga vil det i 1999 bli vurdert kva som kan gjerast for å betre avlastingstilbodet til familiar med omsorg for funksjonshemma.

3.9.2.26 Omsorgsløn

Sosial- og helsedepartementet vil gjennomføre eit treårig forsøk med omsorgsløn for familiar med funksjonshemma barn under 18 år i nokre kommunar.

3.9.2.27 Oppfølging av rapport om bruk av vald mot funksjonshemma kvinner

I 1999 vil Sosial- og helsedepartementet spreie kunnskap til m a politietaten og utarbeide materiell og kurstilbod til funksjonshemma kvinner for å førebygge og gje kunnskap om hjelpeinstansar.

3.9.2.28 «Grøn omsorg» - arbeidstrening og aktivitetstilbod

Regionale landbruksmyndigheiter og sosial- og helsetenesta i einskilde kommunar har i einskilde fylke gått saman for å etablere tilbod om arbeidstrening og aktivitetstilbod til m a psykisk utviklingshemma og personar med psykiske lidingar i tilknyting til gardsbruk. Etableringa av desse prosjekta er finansiert m a med bygdeutviklingsmidlar, som vert administrert av dei regionale landbruksmyndigheitene. Drifta av prosjekta vert dekka av kommunale midlar. Desse dagtilbodsplassane vert etablert særleg i små landbrukskommunar der det er vanskeleg å etablere andre gode tilbod. Sosial- og helsedepartementet ynskjer å utvikle denne samarbeidsmodellen vidare.

3.9.2.29 Grunnstønadsmottakarar med særleg dårlege levekår

Ein analyse av levekårsundersøking blant mottakarar av grunnstønaden frå folketrygda viste at ein tidel i alderen 16-67 år har spesielt dårlege levekår. Sosial- og helsedepartementet kartlegg i 1998 denne gruppa nærare. Basert på resultat frå kartlegginga vil det blir utprøvd alternative tiltak i planperioden til oppfølging av funksjonshemma som har eller står i fare for å få dårlege levekår. Departementet vil òg vurdere andre tiltak som kan fremjast i Stortingsmeldinga om utjamning av levekår.

Trygd

3.9.2.30 Tilgjenge til trygdekontora

Det er sett av midlar i statsbudsjettet for 1999 til å auke tilgjenget til trygdekontora. Tildeling av midlar vil skje på grunnlag av ei kartlegging av behova og knytast til det fylkesvise arbeidet med serviceerklæringar.

3.9.2.31 Brukarmedverknad i trygdeetaten

Trygdeetaten skal årleg gjennomføre ei brukarundersøking i heile landet. I tillegg skal fylkestrygdekontora lage opplegg for tilbakemeldingar frå brukarane i sitt fylke. Etaten skal og opprette brukarutval i fylka. Eit felles mandat for desse skal vere ferdig i løpet av 1998.

3.9.2.32 Betre trygdestønaden til brukarar av høyreapparat

For personar under 18 år fell eigenbetalinga for digitale høyreapparat bort frå 1999.

3.9.2.33 Heva aldersgrensa for omsorgspengar under folketrygda

Frå 1999 vil aldersgrensa for funksjonshemma og alvorleg sjuke barn der foreldra kan få omsorgspengar bli heva frå 16 til 18 år.

3.10 Oppvekst og familie

Tilhøva i familien har mykje å seie både for enkeltmennesket og for samfunnet. Regjeringa vil derfor styrkje familien sin situasjon.

I kapittel 2 i denne stortingsmeldinga er m a omtala særlege utfordringar som møter familiar med funksjonshemma barn eller foreldre med funksjonshemming. Foreldre som har funksjonshemma barn skal kjenne større tryggleik for at samfunnet stiller opp med hjelp og støtte.

Regjeringa vil leggje fram ei stortingsmelding om barnehagar i 1999. Situasjonen for barn med funksjonshemmingar vil bli omtala i denne.

Barne- og familiedepartementet er i ferd med å gjennomgå retningslinene for handsaming av adopsjonssøknader. Gjennomgangen omfattar og kriteria for godkjenning av adopsjonssøkjarar. I gjeldande retningsliner for undersøking og godkjenning av adoptivheim ved utanlandsadopsjon blir det m a kravd at adoptivforeldre må ha god fysisk og psykisk helse. Dette blir kravd med tanke på at adopsjonen skal bli til beste for barnet, også for barn som kan ha spesielle behov, og som i lang tid vil krevje ekstra overskot hos sine adoptivforeldre.

Kravet om god helse er føreslått ført vidare i dei nye retningslinene for adopsjon, men det er gjort framlegg om å nyansere helsekravet. Det kan gjerast ved å leggje vekt på at adoptivforeldra skal utgjere ei omsorgseining. Det må vurderast kor vidt ei funksjonshemming kan tenkjast å få innverknad på søkjarane si samla evne og høve til å gi barnet tilstrekkeleg omsorg og tryggleik, over lang tid. M a ved å leggje vekt på søkjarane som ei omsorgseining vil det bli lettare for funksjonshemma å adoptere.

3.10.1 Tiltak som vert ført vidare

3.10.1.1 Vidareutvikle magasinet «ung»

Målet er å lage eit permanent informasjonsorgan til ungdomsskuleelevar, og sikre at haldningsretta informasjon om situasjonen for funksjonshemma barn og unge blir ein del av magasinet sin profil.

3.10.2 Tiltak i planperioden

3.10.2.1 Undersøking av funksjonshemma unge sine tankar og ønskje i høve til det å bli vaksen

Eit treårig prosjekt ved NOVA frå 1998, finansiert av Sosial- og helsedepartementet som skal innhente kunnskap om oppveksten til unge funksjonshemma, kva dei ventar seg av framtida si og kva slags hinder dei eventuelt ser i høve til planar og ønskje.

3.10.2.2 Samlivskurs for foreldre til funksjonshemma barn

Samlivssenteret ved Modum Bad har, i samarbeid med funksjonshemma sine organisasjonar, starta samlivskurs. Sosial- og helsedepartementet finansierer frå 1998 ei intervjuundersøking og vidareutvikling av kurstilbodet. Målsetjinga er å etablere tilbod om samlivskurs for foreldre til barn med ulike funksjonshemmingar. Prosjektet vil vare ut planperioden.

3.10.2.3 Situasjonen for funksjonshemma barn i barnehagar - evaluering

Situasjonen for funksjonshemma barn i barnehagar vil bli evaluert som eit ledd i oppfølginga av kontantstøtteordninga.

3.10.2.4 I løpet av 1999 utvikle god informasjon og vegleiing til dei som står for opptak i og drift av barnehagane

Målet er å sikre funksjonshemma barn sine rettar.

3.10.2.5 Auke formidlinga av kunnskap og kompetanse til tilsette innan barneverntenesta for at dei skal bli best mogeleg i stand til å møte behova til funksjonshemma brukarar

3.10.2.6 Legge til rette for spreiing av elektronisk informasjon til barn og unge

Barne- og familiedepartementet vil i samarbeid med andre departement vurdere korleis ein kan leggje til rette for spreiing av elektronisk informasjon til barn og unge.

3.11 Forsking

St meld nr 34 (1996-97) Resultater og erfaringer fra Regjeringens handlingsplaner for funksjonshemmede og veien videre peikar på at det er behov for meir forsking for funksjonshemma. Fleirtalet i sosialkomiteen understreka at forsking for funksjonshemma er viktig innanfor alle samfunnsområde, og at dette til no har fått for lita merksemd. Komiteen bad om at Noregs forskingsråd skal ta med tilhøve for funksjonshemma innan alle programområde. Sosial- og helsedepartementet har på denne bakgrunn bede Noregs forskingsråd om å følgje opp dette.

3.11.1 Tiltak som vert ført vidare

3.11.1.1 Forsking for funksjonshemma

Forsking for funksjonshemma inngår som delprogram i forskingsprogrammet Velferd og samfunn (1995-99) i Noregs forskingsråd. Det er eit hovudmål at kunnskapsutviklinga skal vere handlingsretta til hjelp for offentleg politikk, brukarar og brukarorganisasjonar. Hovudtema: Levekår - korleis levekåra for funksjonshemma har utvikla seg samanlikna med befolkninga elles. Livsløp - korleis situasjonen til funksjonshemma er i ulike livsfasar og spørsmål som knyter seg til overgangar mellom ulike livsfasar. Daglegliv og sosiale rammer - særleg korleis hjelpeordningar fungerer og kva innverknad funksjonshemma har på desse. Ved avslutninga av programmet vil Sosial- og helsedepartementet ta initiativ til å utvikle forskingsinnsatsen for funksjonshemma vidare.

3.11.1.2 Bustad og levekår

Etter initiativ frå Kommunal- og regionaldepartementet er det sett i gang eit forskingsprogram om «Bustad og levekår» i regi av Noregs forskingsråd (1997-2002). Sentralt i programmet er butilhøve og levekår for ulike grupper. Prosjekt som fokuserar på funksjonshemma, og problemstillingar knytt til buspørsmål for denne gruppa vil kunne kome inn under programmet. Det gjeld t d spørsmål om tilgjenge, finansiering av bustader for funksjonshemma og analysar av bu- og levekåra for funksjonshemma.

3.11.2 Tiltak i planperioden

3.11.2.1 Livssituasjonen for utviklingshemma ved tusenårsskiftet

Nytt treårig program frå 1999 i regi av Noregs forskingsråd. Ti år etter avviklinga av HVPU er det behov for ny kunnskap om situasjonen både for dei utviklingshemma som var, og dei som ikkje var, innskrivne i HVPU. Programmet er finansiert av Sosial- og helsedepartementet.

3.11.2.2 Satse sterkare på IT for funksjonshemma

Nærings- og handelsdepartementet og Sosial- og helsedepartementet vil i løpet av planperioden etablere ei satsing på IT for funksjonshemma i regi av Noregs forskingsråd. Målet er at denne satsinga skal medverke til auka tilgjenge til ny teknologi for funksjonshemma, og på den måten auka tilgjenge i samfunnet. Satsinga vil skje gjennom følgjande aktivitetar: auka fokus på universell design, hjelpemiddel/verktøy som sikrar tilgjenge til eksisterande IT-løysingar, språkteknologi, tiltak for å integrere funksjonshemma i arbeidslivet, basert på eksisterande og nyutvikla IT-hjelpemiddel.

3.11.2.3 Oppfølging av nytt kap 6 A i sosialtenestelova

I samband med nytt kap 6A i lov om sosiale tenester, Rettar for og avgrensning og kontroll med bruk av tvang og makt m v i høve til enkelte personar med psykisk utviklingshemming, er det teke initiativ til fleire forskingsprosjekt i regi av Noregs forskingsråd og finansiert av Sosial- og helsedepartementet:

  • spørsmål om rettstryggleik knytt til lov

  • kunnskapsstatus om ulike teoretiske perspektiv og faglege metodar i miljøarbeid med psykisk utviklingshemma

  • forskingsprosjekt om årsakssamanheng mellom åtferdsproblem blant psykisk utviklingshemma og miljø- og samhandlingstilhøve.

Til forsida