1 FN sine standardreglar for like vilkår for menneske med funksjonshemming
Dette er ein kort presentasjon av dei 22 reglane. Det blir vist til norsk oversetjing, bestillingsnr. I-0802/B (Statens trykksaksekspedisjon), for fullstendig omtale
REGEL 1 - Bevisstgjering
Statane bør iverksetje tiltak for å skape auka medvit i samfunnet om menneske med funksjonshemming, deira rettar, behov, ressursar og kva dei kan medverke med.
REGEL 2 - Medisinsk behandling
Statane bør sikre at menneske med funksjonshemming får effektiv medisinsk behandling.
REGEL 3 - Rehabilitering
Statane bør sikre at menneske med funksjonshemming får tilbod om rehabilitering, slik at dei kan halde ved lag optimalt sjølvstende og funksjonsevne.
REGEL 4 - Støtteordningar
Statane bør syte for å utarbeide og tilby støtteordningar, herunder hjelpemiddel for menneske med funksjonshemming, som gjer dei meir uavhengige i dagleglivet og gir dei høve til å utøve sine rettar.
REGEL 5 - Tilgjenge
Statane bør erkjenne at tilgjenge er avgjerande for å kunne skape like vilkår på alle område i samfunnet. For menneske med funksjonshemming, uansett av kva slag, bør statane a) leggje fram handlingsplanar som gjer det fysiske miljøet tilgjengeleg, og b) iverksetje tiltak som gir tilgang til informasjon og kommunikasjon.
REGEL 6 - Utdanning
Statane bør godta prinsippet om at barn, unge og vaksne med funksjonshemmingar har lik rett til grunnskuleopplæring, vidaregåande opplæring og høgare utdanning i integrerte miljø. Dei bør syte for at slik utdanning er ein integrert del i det vanlige utdanningssystemet.
REGEL 7 - Arbeid
Statane bør godta prinsippet om at menneske med funksjonshemming må få høve til å utøve sine menneskerettar, særleg når det gjeld arbeid. Både i distrikta og i byane må dei få same høve til produktivt og inntektsgjevande arbeid.
REGEL 8 - Økonomisk og sosial tryggleik
Statane er ansvarleg for å sikre at menneske med funksjonshemming har sosial tryggleik og tilstrekkeleg inntekt.
REGEL 9 - Familieliv og personleg integritet
Statane bør medverke til at menneske med funksjonshemming kan delta fullt ut i familielivet. Dei bør støtte deira rett til personleg integritet og sikre at lovene ikkje er diskriminerande når det gjeld seksualliv, ekteskap og stilling som foreldre.
REGEL 10 - Kultur
Statane skal sikre at menneske med funksjonshemming er inkludert og kan delta i kulturelle aktivitetar på lik linje med andre.
REGEL 11 - Fritids- og idrettsaktivitetar
Statane skal iverksetje tiltak for å sikre at menneske med funksjonshemming får delta på like vilkår når det gjeld fritids- og idrettsaktivitetar.
REGEL 12 - Religion
Statane skal oppmuntre tiltak som gir menneske med funksjonshemming høve til å delta på like vilkår i det religiøse liv i det samfunn dei tilhøyrer.
REGEL 13 - Informasjon og forsking
Statane påtek seg det endelege ansvaret for å samle inn data og formidle informasjon om levekår for menneske med funksjonshemming og for å fremje brei forsking om alle tilhøve, herunder hindringar som har innverknad på livet til funksjonshemma.
REGEL 14 - Utforming av politikk og planlegging
Statane skal sikre at det blir teke omsyn til menneske med funksjonshemming ved utforming av all politikk og nasjonal planlegging.
REGEL 15 - Lovgjeving
Statane har ansvar for å utarbeida rettsleg heimel for tiltak som tek sikte på å gjennomføra målsettinga om full deltaking og likestilling for menneske med funksjonshemming.
REGEL 16 - Økonomisk politikk
Statane har det økonomiske ansvaret for nasjonale program og tiltak for å skape like vilkår for menneske med funksjonshemming.
REGEL 17 - Koordinering av arbeidet
Statane har ansvaret for å opprette og styrkje nasjonale samordningsutval eller liknande organ, som skal vere eit nasjonalt kontaktorgan i saker som gjeld menneske med funksjonshemming.
REGEL 18 - Funksjonshemma sine organisasjonar
Statane bør godta retten for funksjonshemma sine organisasjonar til å representere menneske med funksjonshemming på det nasjonale, regionale og lokale plan. Statane bør også godta den rådgjevande rolla til funksjonshemma sine organisasjonar når det skal takast avgjerder i saker som gjeld funksjonshemma.
REGEL 19 - Opplæring av personell
Statane har ansvaret for å syte for tilstrekkeleg opplæring av personell som deltek på alle nivå i planlegginga og gjennomføringa av tiltak og tenester for menneske med funksjonshemming.
REGEL 20 - Nasjonal oppfølging og evaluering av program i gjennomføringa av standardreglane
Statane har ansvaret for å syte for ei løpande oppfølging og evaluering av gjennomføringa av nasjonale planar og tiltak som gjeld like vilkår for menneske med funksjonshemming.
REGEL 21 - Teknisk og økonomisk samarbeid
Statane, både dei industrialiserte land og utviklingsland, har ansvaret for å samarbeide og treffe tiltak for å betre levekåra for menneske med funksjonshemming i utviklingsland.
REGEL 22 - Internasjonalt samarbeid
Statane skal delta aktivt i internasjonalt samarbeid for å skape like vilkår for menneske med funksjonshemming.