10 Økonomiske og administrative konsekvensar
Meldinga gir ei brei gjennomgang av livssituasjonen for ulike grupper menn og utviklinga av mannsroller i relasjon til likestilling. Integrering av eit kjønnsperspektiv i alle sektorar, og på alle samfunnsområda er det sentrale grepet for å fremje full likestilling mellom kvinner og menn, også på område der menn som gruppe kjem dårleg ut, samanlikna med kvinner.
Ivaretaking av kjønnsperspektivet skal skje i sektorane, og innafor dei økonomiske rammene som er satt for sektorane. Ansvaret omfattar òg analysar av tenesteproduksjonen, vurdering av om der eksisterar særskilde utfordringar knytt til gutar og menn som tilsette og/eller brukarar, og iverksetjing av naudsynte tiltak for å hindre at gutar og menn indirekte vert diskriminert. I meldinga visast korleis dette ansvaret ivaretakast innafor barnehage og skule (kap. 2), i familievernet (kap. 5), i helsetenesta (kap. 6) og i sosialtenestene (kap. 7).
Regjeringa varslar i meldinga i tillegg særskilde grep på utvalde område. Dei økonomiske konsekvensane av desse grepa er omtala nærare i det følgjande.
Regjeringa varslar i meldinga ein strategi for vidare utvikling av foreldrepengeordninga (kap.4). Strategien inneheld eit langsiktig mål om å utvide fedrekvoten til fjorten veker innafor målet i Soria-Moria-erklæringa om ein stønadsperiode (ved fødsel) på inntil 48/58 veker. Målet byggjer på den same modellen for forlenga fedrekvote til ti veker som er foreslått innført 1. juli 2009. Det betyr nye fire veker fedrekvote der to av ekstravekene kjem som ei forlenging av stønadsperioden. Kostnadene for folketrygda ved å utvide fedrekvoten frå seks til ti veker kan anslåast til om lag 290-320 mill. kroner årleg, jf. St.prp. nr. 1 (2008-2009). Kostnadene ved å utvide fedrekvoten frå ti til fjorten veker kan anslåast å ha tilsvarande budsjettverknad. Strategien inneheld òg eit mål om at alle fedrar som har opptent rett til foreldrepengar skal ha rett til å ta ut fedrekvote. Dei årlege kostnadene ved sistnemnde tiltak er anslått til 435-500 mill. kroner ved ei fedrekvote på 10 veker, og til 630- 700 mill. kroner ved ei fedrekvote på 14 veker. Anslaga er usikre, mellom anna fordi meirutgiftene vil ha samanheng med den faktiske permisjonsbruken til fedrane. Vidare utvikling av foreldrepengeordninga vurderast i samband med dei årlege budsjettframlegga. Dei resterande tiltaka i strategien vert gjennomført innafor gjeldande budsjettrammer.
Meldinga varslar styrking av tilbodet til nybakte fedrar (kap. 5). Tilbodet skal gis grupper og i kontakt med helsestasjonane. Utvikling av eit kursopplegg er berekna å koste 2 millionar kroner. Ein legg opp til at drift av pappagruppene kan finansierast med midlar til vaksenopplæring. Årlege kostnader avheng av kor mange menn som ønskjer å nytte seg av tilbodet. Det varslast i meldinga endringar i barnelova, eller at praktisering av einskilde bestemmingar skal ytterlegare utgreiast. Endringane kan på sikt føre til ei auke i talet på sakar for domstolane, utan at det er mogleg å talfeste dei økonomiske konsekvensane.
Meldinga varslar fleire grep retta mot arbeidslivet, og med menn som målgruppe, for å bidra til ein betre kjønnsbalanse i verksemdene (kap. 3). Det varslast ei utviding av verkeområdet for føresegna etter likestillingslova om positiv særbehandling av menn ved tilsetting. Endringa kan ha verknad for sektorane sine rekrutteringsstrategiar, men dei økonomiske konsekvensane er vanskelege å talfeste.
Det varslast i meldinga (kap. 8) ei rekkje mindre grep for å førebyggje valdelege haldningar hos gutar og menn. Sentralt her står fullføringa av eit landsdekkjande lågterskeltilbod til menn som har eller vil kunne utøve vald mot partnar. Utbygging av tilbodet i dei regionar som i dag manglar slikt, eller der tilbodet treng styrkast, er berekna å koste 7 millionar kroner årleg. Utbygginga skal skje innafor den økonomiske ramma for 2009 til familievernet og stiftinga Alternativ til Vold (ATV). Vidare utbygging vurderast i samband med dei årlege budsjettframlegga. Meldinga varslar òg auka førebyggande innsats i regi av Ressurssenteret for Menn (REFORM). Denne innsatsen er berekna til om lag 0,5 millionar kroner årleg.