St.prp. nr. 1 (2001-2002)

FOR BUDSJETTERMINEN 2002 — Utgiftskapittel: 1400-1471, 2422 og 2465 Inntektskapittel: 4400-4471, 5322 og 5621

Til innhaldsliste

Del 2
Omtale av Miljøverndepartementet sine mål og verkemiddel

8 Innleiing til del II

Tabell 8.1 viser planlagt disponering av Miljøverndepartementet sitt budsjett innanfor det enkelt resultatområde på tvers av ulike programkategoriar og kapittel. Tabellane inneheld rekneskapstal for 2000 og planlagt disponering av budsjetta for 2001 og 2002. Dei endringane som framgår av tabellen er ikkje berre eit resultat av opp- eller nedprioritering, men skuldast og tekniske endringar. Dette vil framgå av omtalen nedanfor der det både er fokusert på budsjettvise endringar og større tekniske omleggingar av budsjettet.

Miljøverndepartementet sitt budsjett aukar med 9,3 % samanlikna med saldert budsjett 2001. Hovudårsaka til dette er m.a. at det er lagt inn 171,2 mill. kr til modernisering av nikkelverka i Petsjenga samtidig som det er lagt inn ein auke på om lag 70 mill. kr i momskompensasjon. Regjeringa sine største satsingar på Miljøverndepartementet sitt budsjett for 2002 er elles innanfor områda friluftsliv, helse og miljøfarlege kjemikaliar, biologisk mangfald, klima, og kart og geodata.

Resultatområde 1 Berekraftig bruk og vern av biologisk mangfald

Regjeringa sitt viktigaste grep for å sikre det biologiske mangfaldet er lanseringa av eit nytt kunnskapsbasert forvaltningssystem. Midlane til overvaking, kartlegging og oppfølging aukar med til saman 5,6 mill. kr inkludert oppretting av artsdatabank. I tillegg er det føreslått å styrkje villaksforskinga og forsking på bioteknologi med til saman 5,2 mill. kr. Vidare føreslår Regjeringa å sikre framdrifta i barskogplanen med 40,6 mill. kr, samtidig som tilsegnsfullmakta for vern av barskog er føreslått auka med 50,4 mill. kr. Framdrifta i nasjonalparkplanen er òg føreslått sikra gjennom ein auke i tilsegnsfullmakta på 16,6 mill. kr. Området er i tillegg redusert som følgje av at avgifta på innanlandsfiske er fjerna f.o.m. 2002-budsjettet.

Tabell 8.1 Miljøverndepartementet sin rekneskap og budsjett fordelt på resultatområde i åra 2000, 2001 og 2002.

(i 1000 kr)

Resultatområde

Rekneskap 2000

Saldert budsjett 2001

Budsjettforslag 2002

Endring siste år i %

1. Berekraftig bruk og vern av biologisk mangfald

569 388

489 808

522 788

6,7%

2. Friluftsliv

56 074

70 218

89 848

28,0%

3. Kulturminne og kulturmiljø

169 093

189 856

197 993

4,3%

4. Overgjødsling, oljeforureining og akutte utslepp

145 895

236 513

193 447

-18,2%

5. Helse- og miljøfarlege kjemikal

122 259

84 757

105 829

24,9%

6. Avfall og gjenvinning

334 229

355 860

365 674

2,8%

7. Klimaendringar, luftforureining og støy

168 787

192 362

181 357

-5,7%

8. Internasjonalt miljøvernsamarbeid og miljøvern i polarområda

183 155

167 711

332 156

98,1%

9. Regional planlegging

120 589

62 721

54 954

-12,4%

10 Kart og geodata

330 440

349 630

392 775

12,3%

11. Områdeovergripande verkemiddel og fellesoppgåver

521 929

446 103

453 787

1,7%

Sum

2 721 838

2 645 539

2 890 607

9,3%

Resultatområde 2 Friluftsliv

Som ei oppfølging av St.meld. nr. 39 (2000-2001) Friluftsliv – Ein veg til høgare livskvalitet føreslår Regjeringa ein auke i løyvingane til friluftsliv med i overkant av 16 mill. kr, der hovudutfordringa er å sikre allemannsretten og å gi barn og unge høve til naturopplevingar. I tillegg følgjer Regjeringa opp behovet for å sikre og vidareutvikle potensialet for friluftsliv i strandsona.

Resultatområde 3 Kulturminne og kulturmiljø

Regjeringa fører vidare den satsinga som er gjort på kulturminne og kulturmiljø i budsjettet for 2001, for å halde fram innsatsen på nokre prioriterte område. For å styrkje feltet ytterlegare føreslår Regjeringa å etablere ei ny tilskotsordning på 10 mill. kr for samfinansiering av kulturminneprosjekt gjennom offentlege og private midlar. Gjennom denne ordninga ønskjer Regjeringa å utløyse eit meir dynamisk samarbeid mellom offentlege og private aktørar.

Resultatområde 4 Overgjødsling, oljeforureining og akutte utslepp

Nedgangen på resultatområde 4 skuldast i hovudsak at løyvinga til kommunale avløpstiltak er konsekvensjustert ned med om lag 54 mill. kr, pga. endra prognosar for utbetalingar. Området er auka med 15 mill. kr for å styrkje oljevernberedskapen, nærmare bestemt til å kjøpe nytt oljevernutstyr og til kurs og øvingar.

Resultatområde 5 Helse og miljøfarlege kjemikaliar

Regjeringa intensiverer arbeidet med å redusere belastninga frå miljøgifter og andre helse- og miljøfarlege kjemikaliar. Det er føreslått å auke løyvinga med 10 mill. kr for å kunne forsere arbeidet med oppryddingstiltak og tiltaksretta undersøkingar i område der sedimenta er forureina med miljøgifter. Regjeringa aukar òg innsatsen for å hindre utslepp av miljøgifter og spesielt PCB jf. òg resultatområde 6. Vidare er det føreslått å overføre det administrative ansvaret for Produktregisteret frå Arbeids- og administrasjonsdepartementet til Miljøverndepartementet med ei løyving på i overkant av 12 mill. kr.

Resultatområde 6 Avfall og attvinning

Det er føreslått 10 mill. kr til arbeidet med å leggje til rette for å etablere eit system for innsamling av isolerglasruter som inneheld PCB. Panteordninga for bilvrak er føreslått auka med til saman om lag 19 mill. kr som følgje av at fleire bilvrak er venta innleverte i 2002. Refusjonsordninga for TRI og spillolje blir redusert med 16 mill. kr som følgje av endringar i prognosane for innsamla mengder i forhold til budsjettet i fjor. I tillegg blir det føreslått å redusere tilskot til kompetanseformidling og informasjon om miljøvennleg produksjon og forbruk og lokal agenda 21 med 15 mill. kr.

Resultatområde 7 Klimaendringar, luftforureining og støy

Nedgangen skuldast at låneløyvinga til Statens miljøfond er føreslått redusert med om lag 16 mill. kr pga. endra prognosar for utbetalingar. Regjeringa føreslår elles å auke løyvinga til klimaforsking og gasskraftteknologi med til saman 7 mill. kr.

Resultatområde 8 Internasjonalt miljøvern­samarbeid, – bistand, nord- og polarområda

Auken skuldast at det er føreslått avsett 171,2 mill. kr til å modernisere nikkelverka i Petsjenga. Prosjektet er planlagt sett i gang i 2001 med ei løyving på 44,2 mill. kr. Prosjektet vil gi ein reduksjon i utsleppa av svoveldioksid, støv og tungmetall, og vil betre miljøet i Finnmark monaleg.

Resultatområde 9 Regional planlegging

Regjeringa legg stor vekt på tiltak for å fremje miljøvennleg storbyutvikling. Midlane skal gå til miljøbelasta område i storbyane for å utvikle pilotprosjekt og medverke til nye samarbeidsformer mellom offentlege styresmakter, næringslivet og frivillige organisasjonar innanfor samferdsel og arealforvaltning, bustad- og lokalsamfunnsutvikling, næringsutvikling og kulturmiljø. 5 mill. kr på Miljøverndepartementet sitt budsjett skal nyttast til å betre miljøet i Groruddalen, i nært samarbeid med Oslo kommune. Innsatsen vil bli koordinert med andre departement. Det er sett i gang tiltak over budsjetta til andre departement på omlag 20 mill. kr.

Resultatområde 10 Kart og geodata

Som eitt av Regjeringa sine satsingsområde er resultatområde 10 «Kart og geodata» føreslått styrkt med til saman 28 mill. kr. Av dette er 20 mill. kr føreslått nytta til å forsere arbeidet med å etablere elektroniske sjøkart langs norskekysten, mens 8 mill. kr er føreslått til digitalisering av landkart. Delar av auken på resultatområdet skuldast òg tekniske endringar som følgje av at Arealisprogrammet er flytt frå resultatområde 9.

Resultatområde 11 Områdeovergripande verkemiddel og fellesoppgåver

Resultatområdet 11 viser ein liten auke på 1,7 % samanlikna med saldert ramme 2001. Det skuldast i hovudsak momskompensasjon og lønnskompensasjon. Driftsutgiftspostane i miljøvernforvaltninga er til saman reduserte med omlag 22 mill. kr.

9 Resultatområde 1: Berekraftig bruk og vern av biologisk mangfald

Definisjon og avgrensing

Biologisk mangfald utgjer – saman med tilgang på rein jord, reint vatn og rein luft – grunnlaget for menneska sin eksistens. I tillegg er biologisk mangfald avgjerande for verdiskapinga i samfunnet og livskvaliteten og velferda til menneska. Med biologisk mangfald er meint mangfaldet av liv, dvs. planter, dyr og mikroorganismar, deira arvestoff og dei samfunna dei dannar i samspel med kvarandre og med det ikkje levande miljøet (vatn, luft, jord og stein).

Produksjon av oksygen via fotosyntesen, vasshushald, danning av jordsmonn og miljøet si evne til å dempe effektane av miljøbelastningar er døme på livsberande prosessar og økologiske tenester som mennesket er avhengig av for å overleve. Bruk av arvemateriale, arter eller biologiske prosessar dekkjer dei grunnleggjande behova menneska har for m.a. mat, medisinar, klede, hus og brensel. Dette gir òg grunnlag for store delar av verdiskapinga i samfunnet, f.eks. i form av uttak av råvarer som fisk og tømmer og som kjelde til produksjon og sal av medisinar og bioteknologiske produkt. Høve til friluftsliv, rekreasjon og leik og opplæring i naturen medverkar til auka livskvalitet og velferd. Mangfaldet av liv på jorda er eit forsikringsfond for produksjonsgrunnlag og livsmiljø for framtidige generasjonar, m.a. som råvare for framtidige medisinar og genteknologi. I tillegg har mangfaldet av arter, naturtypar og landskap store estetiske og kulturelle verdiar for menneska.

Resultatområdet omfattar bevaring av biologisk mangfald gjennom berekraftig bruk, vern og restaurering. Hovudårsakene til tap av biologisk mangfald er knytte til arealbruk (fysiske inngrep og arealbruksendringar), forureining, overutnytting og spreiing av framande, under dette genmodifiserte organismar. Resultatområdet omfattar derfor òg arbeidet med å motverke negative miljøeffektar på det biologiske mangfaldet av desse påverknadene, med unntak av forureining som blir dekt av resultatområde 4-8. Bevaring av verdifulle geologiske førekomstar og ulike landskapskvalitetar inngår òg i resultatområdet. Forvaltning av gamle kulturmarker og tradisjonelle kulturlandskap må sjåast i samanheng med resultatområde 3. I tillegg dekkjer resultatområdet internasjonalt arbeid, m.a. oppfølging av konvensjonar og andre internasjonale prosessar og avtaler for å sikre berekraftig bruk og vern av biologisk mangfald.

Strategisk mål

Naturen skal forvaltast slik at arter som finst naturleg blir sikra i levedyktige bestandar, og slik at variasjonen av naturtypar og landskap blir halden oppe og gjer det mogleg å sikre at det biologiske mangfaldet får halde fram med å utvikle seg.

Nasjonale resultatmål, miljøvernforvaltninga sine arbeidsmål og resultatindikatorar og ­statusbeskriving

Det er føreslått eit nytt nasjonalt resultatmål 7 knytt til jordvern, som Landbruksdepartementet følgjer opp i sin budsjettproposisjon.

Tabell 9.1 Mål- og indikatortabell for resultatområde 1 Berekraftig bruk og vern av biologisk mangfald.

Nasjonale resultatmål

Miljøvernforvaltninga sine arbeidsmål

Miljøvernforvaltninga sine resultatindikatorar

1. Eit representativt utval av norsk natur skal vernast for kommande generasjonar.

1.1. Gjennomføre fylkesvise verneplanar i løpet av år 2005.

1.2. Gjennomføre verneplan for barskog på totalt 415 km2.

1.3. Gjennomføre nasjonalparkplanen gjennom å opprette 36 nye og utvide 14 eksisterande verneområde innan 2010,.

1.4. Gjennomføre vern av marine område av nasjonal verdi i alle dei naturgeografiske regionane langs kysten. 1.5. Sikre at verneområde blir forvalta i tråd med verneføremålet.

– Talet gjennomførte fylkesvise verneplanar.

– Talet km2 produktiv barskog verna.

– Talet nye verneområde etablerte.

– Talet marine område verna etter naturvernlova fordelt på naturgeografisk region. (ikkje operativ enno)

– Prosentdel av verneområde der forvaltninga er i tråd med verneføremålet. (ikkje operativ enno)

2. I truga naturtypar skal inngrep unngåast, og i omsynskrevjande naturtypar skal viktige økologiske funksjonar oppretthaldast.

2.1. Utarbeide rikspolitiske retningslinjer (RPR) for biologisk mangfald .

2.2. I samarbeid med involverte partar leggje til rette for at bruk av areal og naturtypar skjer i tråd med nasjonalt resultatmål

2.3. Avgrense motorferdsel i utmark og vassdrag med sikte på å minimalisere påverknaden på naturmiljø ved at ferdsla i større grad blir kanalisert til bestemte trasear og område.

Indikatorar til no ikkje utarbeidde.

– Talet km2 bortfall av areal i inngrepsfrie område, jf. database inngrepsfrie område.

– Tal inngrep/omdisponeringar i omsynskrevjande naturtypar.

– Talet på snøscooterar.

– Totalt tal på dispensasjonar som er gitt.

3. Kulturlandskapet skal forvaltast slik at kulturhistoriske og estetiske verdiar, biologisk mangfald og tilgjenge blir haldne oppe.

3.1. I samarbeid med involverte partar leggje til rette for utvikling av føremålstenlege forvaltningsmåtar og verkemiddel for verdifulle kulturlandskap, og leggje til rette for at alle sektorar tek omsyn til kulturlandskapet i si verksemd.

– Talet forvaltnings- og skjøtselsplanar for verdifulle kulturlandskap.

– Areal (dekar) verdifulle kulturlandskap som er omfatta av forvaltnings- og skjøtselsplanar.

– Talet på og areal av verdifulle kulturlandskap i «Nasjonal-registrering» som er i «god hevd».

4. Hausting og annan bruk av levande ressursar skal ikkje føre til at arter eller bestandar blir utrydda eller truga.

4.1. Sikre at forvaltninga av dei vilt- og fiskeressursane som kan utnyttast som hovudregel blir basert på driftsplanar utarbeidde i samarbeid mellom rettshavarar, kommunar og brukarar innan 2006.

4.2. Sikre at utnyttinga av villaksen er tilpassa bestandssituasjonen.

– Talet på driftsplanar som er lagt til grunn for forvaltninga.

– Indikatorar er enno ikkje utarbeidde.

5. Menneskeskapt spreiing av organismar som ikkje høyrer naturleg heime i økosystema, skal ikkje skade eller avgrense økosystema sin funksjon

5.1. Førebyggje negative effektar av tilsikta og utilsikta introduksjonar, og førebyggje introduksjonar av miljøskadelege organismar.

5.2. Handtere reguleringa av utsetjing, under dette omsetnad av genmodifiserte organismar slik at det ikkje oppstår skade på miljø og helse.

– Talet på kjende innførsler som kan vere årsak til skade på miljøet.

– Talet på økosystem som er ­signifikant endra i samansetjing og produktivitet som følgje av introduksjonar.

6. Truga arter skal haldast oppe på eller byggjast opp att til livskraftige nivå.

6.1. Sikre levedyktige bestandar i Noreg av dei store rovdyra:

6.2. Sikre dei ville laksebestandane.

6.3. I samarbeid med involverte partar redusere talet på truga og sårbare arter.

– Talet på familiegrupper av ulv.

– Talet på reproduserande bjørnebinner.

– Talet på ynglande jervetisper.

– Talet på gaupeindivid.

– Talet på truga og sårbare bestandar.

– Talet på raudlistearter knytte til: - elvedelta - skogsbiotopar - beite- og slåtteenger - villmarksprega område

7. Arbeidsmål som dekkjer alle dei nasjonale resultatmåla 1-6.

7.1. Styrkje omfanget og tilgjenget av kunnskap om biologisk mangfald.

7.2. Samordne Noreg sitt arbeid med internasjonal gjennomføring av konvensjonen om biologisk mangfald.

7.3. Sikre at Noreg følgjer opp sine nasjonale plikter under konvensjonen om biologisk mangfald, den europeiske landskapskonvensjonen og andre relevante avtaler.

– Talet på kommunar som har kartlagt og verdiklassifisert biologisk mangfald og gjort dette tilgjengeleg i operative GIS-system.

– Talet på kommunar der lokale data inngår i fylkesvise og nasjonalt tilgjengelege data.

– Talet på overvakingsaktivitetar som pågår eller er sette i gang i samsvar med «Plan for overvaking av biologisk mangfald».

– Kvalitativ vurdering av arbeidet.

– Kvalitativ vurdering av arbeidet.

Statusbeskriving

Arbeidsmål 1. 1 Gjennomføre fylkesvise verneplanar i løpet av år 2005.

I 2000 vart 86,2 km2 verna. Det vart fatta vernevedtak for verneplan for rike lauvskogar i Nordland, del av verneplan for våtmark Nordland, verneplan for barlind/kristtorn Vest-Noreg, verneplan edellauvskog Hedmark, eitt landskaps-vernområde i Nord-Trøndelag og to landskapsvernområde og eitt naturreservat i Aust-Agder.

I løpet av 2001 blir verneplan for Oslomarka del I i Oslo, Akershus og Buskerud gjennomført. Det same blir kystverneplan for Nordland, revidert plan for Jærstrendene i Rogaland, Gjessåsjøen i Hedmark, verneplan myr i Hedmark, og Maridalen i Oslo. I 2002 er følgjande fylkesvise ­verneplanar planlagt gjennomførte: verneplan kyst i Troms, verneplan for Oslomarka del II i Oslo, Akershus og Buskerud, Hovedøya i Oslo og verneplan havstrand og elvedelta i Møre og Romsdal.

Arbeidsmål 1.2 Føre vidare arbeidet med å gjennomføre verneplan for barskog.

Per 01.01.01 er totalt 292 km2 verna, dvs. 70 % av det samla barskogarealet på 415 km2 som er planlagt verna. I 2000 var verneplan for Nord-Noreg sluttført, noko som innebar at 21 km2 produktiv barskog vart verna i 2000. I løpet av 2001 blir verneplan barskog for Midt-Noreg gjennomført og verneplan barskog for Vest-Noreg supplert med tre område.

Verneplanen for Aust-Noreg er planlagt vedteken i 2002. Med vern av dette området skal vern i samsvar med barskogplanen i hovudsak vere gjennomført, med unntak av dei inntil 30 km2 produktiv barskog som skal inngå i kvoten ved utviding av Øvre Pasvik nasjonalpark. Det vil framleis vere behov for både tilsegnsfullmakt og løyving på posten i fleire år framover då det tek tid før oppgjera om vederlag er sluttførte.

Ei evaluering av det gjennomførte vernearbeidet i skog blir gjennomført i 2001. På grunnlag av denne evalueringa skal det i 2002 arbeidast ut ein strategi for framtidig vern og ivaretaking av biologisk mangfald i skog.

Arbeidsmål 1.3 Gjennomføre nasjonalparkplanen gjennom å opprette 36 nye og utvide 14 eksisterande verneområde innan 2010.

Per 01.07.01 er totalt 3 av dei om lag 50 verneframlegga i nasjonalparkplanen gjennomførte. I løpet av 2001 er følgjande område planlagt verna: Dovrefjell/Sunndalsfjella (utviding og nye område), Forollhogna (Gauldalsvidda), Naustdal/Gjengedal, Nærøyfjorden, Svellingsflaket, Røst og Helgelandsøyane (dei tre siste som del av kystverneplanen for Nordland.

I 2002 er det lagt opp til at følgjande område skal vernast: Stabbursdalen (utviding), Rebbenesøy, Ånderdalen (utviding), Verdal/Snåsa/Lierne, Hartkjølen, Femundsmarka (utvidelse), Gutulia (utviding), Lyngsalpane, Rondane (utviding), Skrim og Øvre Pasvik (utviding). Per. 15.09.01 er det autorisert 9 nasjonalparksenter.

Arbeidsmål 1.4 Verne marine område av nasjonal verdi i alle dei naturgeografiske regionane langs ­kysten.

Arbeidet med ein marin verneplan vart sett i gang i 2001. Det er nedsett eit nasjonalt rådgjevande utval som skal medverke med råd i arbeidet. Forslag til verneplan er planlagt sendt på høyring i 2003.

Arbeidsmål 1.5 Sikre at verneområde blir forvalta i tråd med verneformålet.

Resultatindikatorar for arbeidsmålet er ikkje utarbeidde enno. Område verna i medhald av naturvernlova skal forvaltast i tråd med verneformålet slik at verneverdiane blir haldne ved lag. Alle kommunar i landet har fått tilbod om å overta forvaltningsansvar for naturreservat, naturminne og landskapsvernområde. Direktoratet for naturforvaltning har i løpet av 2001 sendt ut konkrete delegasjonsbrev til kommunar som er interesserte i å overta forvaltningsansvar. Direktoratet for naturforvaltning vil i løpet av 2001 ha utarbeidd ei handbok til hjelp i forvaltninga m.a. når det gjeld lovgiving, fortolking av verneforskrifter, forvaltningsplanar m.m.

Arbeidsmål 2.1. Utarbeide rikspolitiske retningslinjer (RPR) for biologisk mangfald.

Det vil bli utarbeidd eit forslag til RPR for området biologisk mangfald innan 2003.

Arbeidsmål 2.2. I samarbeid med involverte partar leggje til rette for at bruk av areal og naturtypar skjer slik at inngrep blir unngått i truga naturtypar, og at viktige økologiske funksjonar blir haldne oppe i omsynskrevjande naturtypar.

Direktoratet for naturforvaltning har dei siste åra kartlagt utstrekning av inngrepsfrie område (der avstanden til tekniske inngrep er meir enn 1 km) og villmarksprega område (der avstanden til tekniske inngrep er meir enn 5 km). Det er laga kart som viser status for slike område i 1900, 1940, 1994 og 1998. I perioden 1988 til 1998 vart utstrekninga av inngrepsfrie område 3 % mindre, mens omfanget av dei villmarksprega områda vart 4 % mindre.

Data finst elles på internettsidene til Miljøstatus i Noreg (www.miljostatus.no) og på Direktoratet for naturforvaltning sine heimesider. Denne kartlegginga utgjer no ein viktig del av grunnlaget for arealplanlegging og -disponering i delar av landet.

Miljøforvaltninga har ikkje systematiske data for inngrep og omdisponeringar av areal i omsynskrevjande naturtypar. Det er sett i verk eit arbeid med kartlegging som vil bli ein sentral reiskap for kommunane sitt arbeid med arealplanlegging og -disponering.

Omlegginga av Samla plan for vassdrag vil bli samordna med suppleringa av Verneplan for vassdrag. Andre pulje med nasjonale laksevassdrag vil bli avklart i samband med dette arbeidet.

Arbeidsmål 2.3. Avgrense motorferdsel i utmark og vassdrag med sikte på å minimalisere påverknaden på naturmiljø ved at omfanget av slik ferdsel totalt sett ikkje overstig 1999-nivå, og at ferdsla i større grad blir kanalisert til bestemte trasear og område.

Det totale talet på snøscooterar per 31.12.99 var 46 648. Per 31.12.00 hadde talet stige til 48 300. Dette indikerer at omfanget av motorferdsel i utmark har auka.

Ved å kople kommunale planprosessar og planvedtak med lokal motorferdselpolitikk vil Regjeringa prøve om formålet med motorferdsellova kan bli betre oppfylt. Dette vil auke medvitet rundt dei verdiane som bruk av motorkøyretøy i utmark kan komme i konflikt med. Åtte kommunar deltek i ei treårig forsøksordning som skal gi grunnlag for betre styring av motorferdsel i utmark. Direktoratet for naturforvaltning har på høyring eit forslag til endring av nasjonal forskrift for bruk av motorkøyretøy i utmark og vassdrag. Forslaget inneber m.a. at kommunane får høve til å utforme lokale forskrifter som tillet køyring med snøscooter på ubrøytt veg til hytteområde og køyring med snøscooter i visse former for turistnæring. Miljøverndepartementet tek sikte på at forskriftsendringa skal tre i kraft frå 1. januar 2002.

Det er vedteke nye reglar i lov om fritids- og småbåtar som set eit generelt forbod mot bruk av vasscooterar og liknande. Lovendringa trådde i kraft 1. januar 2001, og inneber at vasscooterar berre kan nyttast i område som er avsette til formålet og der bruken ikkje medfører fare eller kjem i konflikt med miljøinteresser.

Arbeidsmål 3. 1. I samarbeid med aktuelle partar ­leggje til rette for utvikling av føremålstenlege ­forvaltningsmåtar og verkemiddel for verdifulle ­kulturlandskap, og leggje til rette for at alle sektorar tek omsyn til kulturlandskapet i si verksemd.

Direktoratet for naturforvaltning har i 2000/2001 motteke rapportering frå dei fleste fylke om status for dei prioriterte områda i Nasjonal registrering (verdifulle kulturlandskap). Av rapporteringa går det fram at fylka i varierande grad arbeider med å fremje utarbeiding av forvaltnings- og skjøtselsplanar for områda. Det er venta fleire planar framover.

Direktoratet for naturforvaltning og Riksantikvaren samarbeider om ein felles strategi for direktorata sitt arbeid med landskap. Strategien vil danne grunnlaget for ei breiare tilnærming til miljøvernforvaltninga sitt arbeid med landskap. Vidare vil strategien medverke til ei klarare prioritering av miljøvernforvaltninga sin innsats på landskapsfeltet. Med omsyn til direktorata sitt arbeid med den europeiske landskapskonvensjonen, sjå arbeidsmål 7.3.

Prosjektet «Tilstandsovervåking og resultatkontroll i jordbrukets kulturlandskap (3Q)» skal over tid gi opplysningar om utviklingstendensar i jordbruket innanfor følgjande fire temaområde: biologisk mangfald, kulturminne, tilgjenge og arealbruk. For dei prioriterte områda i Nasjonal registrering er det spesielt behov for overvaking, som ikkje er dekt opp gjennom 3Q i dag. Dette må skje gjennom utvikling av nøkkeltalet «Tilstand og utvikling av de nasjonalt prioriterte kulturlandskapene».

Arbeidsmål 4.1. Sikre at forvaltninga av dei vilt- og fiskeressursane som kan utnyttast blir basert på driftsplanar utarbeidde av rettshavarar i samarbeid med kommunar og brukarare – innan 2006.

I 2000 var det utarbeidd driftsplanar for ca. 1/3 av dei 667 laksebestandane.

Målet er at forvaltninga av dei vilt- og fiskeressursane som kan utnyttast, innan 2006 som hovudregel skal baserast på driftsplanar utarbeidde av rettshavarar i samarbeid med kommunar og brukarar.

Arbeidsmål 4.2. Sikre at utnyttinga av villaksen er ­tilpassa bestandssituasjonen.

Reguleringar av laksefisket er i dag baserte på kunnskap om storleiken på bestandane, fagleg skjønn og erfaringar. Forslag til eit opplegg for innføring av eit kvoteregulert laksefiske i samsvar med St.meld. nr. 8 (1999-2000) vil bli ferdigstilt innan utgangen av 2001.

Arbeidsmål 5.1. Førebyggje negative effektar av ­tilsikta og utilsikta introduksjonar, og førebyggje introduksjonar av miljøskadelege organismar.

Det er kjent at det per 01.07.01 minst er innført 12 framande organismar som ein meiner kan ha vore årsak til skade på miljøet.

Det er ein generell auke i talet på introduserte arter. Auka handel, transport, turisme og reising kombinert med nedbygging av grensekontroll, medverkar til fleire innførsler.

Regelverket dekkjer i dag import av planter og dyr, og produkt i seg sjølv. Lovgivinga er likevel oppstykka og ikkje dekkjande for alle arter. Det regjeringsoppnemnde lovutvalet for biologisk mangfald vil i løpet av 2002 og 2003 m.a. utgreie nytt regelverk basert på føre var-prinsippet. Introduserte arter kan ha effektar som grip over mange sektorar, og det vil bli sett i verk eit auka samarbeid mellom sektorstyresmaktene for finne metodar for å handtere dette. I tillegg vil det bli lagt auka vekt på informasjon til allmenta om kva reglar som gjeld ved innførsel av dyr og planter til Noreg.

Arbeidsmål 5. 2. Handtere reguleringa av utsetjing, under dette omsetning av genmodifiserte organismar slik at det ikkje oppstår skade på miljø og helse.

Av 32 omsøkte produkt i EU/EØS er 18 godkjende i EU. Noreg har gjennom ei tilpassing i EØS-avtala høve til å seie nei til EU-godkjende GMO-produkt som ikkje tilfredsstiller krava i genteknologilova om helse, miljø, berekraft, samfunnsnytte og etikk. Noreg har følgjeleg sagt nei til 8 produkt. Desse er mais, oljeraps (3 typar) og sikorisalat, to vaksinar mot respektive rabies og pseudorabies, og ein mjølketest. Plantene og mjølketesten er forbodne fordi dei inneheld genar som er resistente mot antibiotika. Ein tobakk og tre typar nellik er tillatne omsett i Noreg, men er lite aktuelle å dyrke. I andre saker ventar ein på fleire opplysningar før behandling. Det er per august 2002 ikkje innført genmodifiserte organismar (GMO) som kan medføre endringar i norske ­økosystem.

Ei revidert utgåve av EU sitt utsetjingsdirektiv (no 2001/18 (tidlegare 90/220)) vart vedteken av EU 12. mars 2001. EU har med dette nærma seg norsk lovgiving på området, m.a. når det gjeld meir open saksbehandling, meir omfattande risikovurderingar, offentlege register for dyrking av GMO, overvaking også etter omsetning, semje om at reglar om merking og om å kunne spore produktet skal på plass innan utløpet av 2001, implementering av Cartagena-protokollen og utfasing av antibiotikaresistente genar. Det har vidare komme inn ei føresegn om å konsultere etikk-komitear og eit krav om rapportering av sosioøkonomiske konsekvensar, under dette omsetning av GMO.

Arbeidsmål 6.1. Sikre levedyktige bestandar av dei store rovdyra.

Per 1. mai 2001 er det registrert totalt 10 familiegrupper (flokkar) av ulv i Sør-Skandinavia. I tillegg er det registrert 5 revirmarkerande par. Av familiegruppene er to registrerte i Noreg, 6 i Sverige, og to på tvers av riksgrensa. Av registrerte par er tre i Sverige, eitt i Noreg og eitt på tvers av riksgrensa. Utviklinga i den sørskandinaviske ulvebestanden blir nøye følgt gjennom eit forskingssamarbeid mellom Noreg og Sverige.

Estimatet på talet bjørnar i Noreg er på 35-55 individ. Registreringar tyder på vekst i bestanden. Reproduktive binner er påviste i Finnmark (Sør-Varanger), Nord-Trøndelag (Lierne) og Hedmark (Trysil).

Førebels status for yngling hos jerv viser at det per 1. juni 2001 er 21 trulege eller dokumentere ynglingar i Nord-Noreg og 11 i Sør-Noreg. Dette er ein reduksjon i Nord-Noreg på 13 i forhold til året før, mens bestanden i Sør-Noreg er stabil. For gaupe ligg inga nyare landsdekkjande oversikt føre, men ein trur at bestanden er noko redusert. Ein viser til omtale av jerveforvaltninga i teksten under overskrifta «Verkemiddel».

Bestanden av gaupe på landsbasis og bestanden av jerv frå Nord-Trøndelag og nordover og i Sør-Noreg er vurdert som levedyktige på det bestandsnivået som er i dag. Også bestanden av ulv er vurdert som tilnærma levedyktig med utgangspunkt i det bestandsnivået som er i dag. Bestandsmåla for bjørn i kjerneområda som omfattar den skandinaviske bjørnebestanden (dvs. utanfor Finnmark) er ikkje oppfylte.

Med bakgrunn i at bestanden av ulv i Sør-Skandinavia har nådd eit nivå på minst 8-10 familiegrupper, er felling i større grad enn tidlegare nytta som verkemiddel ved forvaltning av arta. Regjeringa legg stor vekt på at rovvilt skal forvaltast på ein slik måte at lokale interesser blir tekne vare på. Det er derfor ei målsetjing å vidareutvikle lokale forvaltningsmodellar. Arbeidet med bestandsovervaking held fram og er eit viktig verktøy for forvaltningstiltak.

Arbeidsmål 6.2. Sikre dei ville laksebestandane.

Laksefisket i 2000-sesongen har totalt sett vore betre enn på svært mange år som følgje av ein kombinasjon av betre temperaturforhold i havet og spesielt gode føresetnader for oppvandring i elvane i fiskesesongen. Det er i all hovudsak dei bestandane som har vore i rimeleg god forfatning også i seinare år som har gitt grunnlag for auka fangst. Omlag ein tredel av bestandane er framleis sterkt truga eller sårbare.

Det er teke sikte på at forslag til nasjonale laksevassdrag og laksefjordar skal leggjast fram for Stortinget våren 2002. Det er avsett midlar til kampen mot lakseparasitten Gyrodactylus salaris, til å betre det faglege grunnlaget for reguleringane i laksefisket og til å styrkje lakseforskinga.

Arbeidsmål 6.3. I samarbeid med aktuelle partar redusere talet på truga og sårbare arter.

I den nasjonale raudlista blir det ført oversikt over arter som er truga av utrydding, arter som er sårbare eller som krev omsyn og arter som er i ein slik situasjon at dei bør overvakast. Raudlista blir ikkje oppdatert årleg. Siste oppdatering vart gjort i 1998.

I lista for 1998 var 290 arter i Noreg plasserte i kategorien direkte truga, og 545 som sårbare. Vidare var 906 arter plasserte i kategorien omsynskrevjande, dvs. arter som på grunn av tilbakegang krev spesielle omsyn og tiltak.

458 arter var i 1998 plasserte i kategorien «bør overvakast». Desse artene er i tilbakegang, men er ikkje rekna som truga. Kategorien er noko «usikker» då det ikkje dreier seg om truga arter, men arter som f.eks. er på grensa av sitt utbreiingsområde.

Bestandssituasjonen for fjellrev i Noreg er svært alvorleg. I tillegg til styrkt overvaking, vart det i 2000 førebudd tiltak for å fange inn og ale opp fjellrev for seinare utsetjing. På grunn av mangel på registrert yngling let dette seg ikkje gjennomføre i 2000. I 2001 er situasjonen betre, og per august 2001 er det påvist 14 ynglingar frå Setesdal i sør til Varanger i nord. Det er i alt fanga inn 5 årskvelpar som skal inngå i avlsprosjektet.

Arbeidsmål 7.1. Styrkje omfanget og tilgangen på kunnskap om biologisk mangfald.

Per september 2001 har ca. 252 kommunar fått tilskot til å kartleggje biologisk mangfald. Tilsvarande tal for 2000 var 165.

I 2001 er det venta at 50-70 kommunar vil ha ferdige datasett med biologisk mangfald. Desse datasetta vil inngå i fylkesvise og nasjonale fagsystem og gjerast offentleg tilgjengelege.

Innan 2003 skal kommunane ha gjennomført kartlegging av det mest verdifulle mangfaldet. Hovuddelen av utgiftene blir dekt av kommunane, men det blir gitt eit eingongstilskot frå kap. 1410 post 60 Kommunal overvaking og kartlegging av biologisk mangfald.

Arbeidet med å etablere ein artsdatabank starta opp våren 2001 og er leia av Kyrkje-, utdannings- og forskingsdepartementet. Eit utval med deltaking frå forsking, forvaltning og frivillige organisasjonar la i august 2001 fram «Rapport med forslag til etablering og drift av artsdatabank i Norge». Artsdatabanken skal etablerast i 2002.

Arbeidsmål 7.2. Samordne Noreg sitt arbeid med internasjonal gjennomføring av konvensjonen om biologisk mangfald.

Miljøverndepartementet samordnar arbeidet under konvensjonen om biomangfald med relevante departement. I 2001 blir to vitskapsmøte gjennomført. Cartagena-protokollen om genmodifiserte organismar (GMO) som vart vedteken i januar 2000 skal sikre at handel og bruk av levande GMO ikkje skader biologisk mangfald eller helse. Protokollen trer i kraft etter at 50 land har ratifisert den. Noreg ratifiserte protokollen som tredje land etter Stortingsvedtak av 13. februar 2001.

Noreg har medverka aktivt til ei operasjonalisering og vidareutvikling av FN-konvensjonen om biologisk mangfald. Eit prioritert tema har vore å styrkje det vitskaplege fundamentet for konvensjonen, noko som det no er brei aksept for. Noreg har vore ei pådrivar for ei rekkje saker under konvensjonen, m.a. behovet for aktivt samarbeid mellom relevante internasjonale fora og biokonvensjonen, forholdet mellom handel og miljø i arbeidet med introduserte arter (under dette også genmodifiserte organismar), og forholdet mellom klimakonvensjonen og biologisk mangfald er døme på dette arbeidet.

Arbeidsmål 7.3. Sikre at Noreg følgjer opp sine nasjonale plikter under konvensjonen om biologisk mangfald, den europeiske landskapskonvensjonen og andre relevante avtaler.

Ei rekkje av pliktene under biokonvensjonen, under dei kartlegging, overvaking, arealbruk, hausting av biologiske produkt, genteknologi og spreiing av framande organismar, blir følgt opp løpande. Innsatsen vil bli ytterlegare styrkt ved betre samordning av tiltak, jf. St.meld. nr. 42 (2000-2001) Biologisk mangfald – samordning og sektoransvar, som vart lagt fram våren 2001. Direktoratet for naturforvaltning og Riksantikvaren er sekretariat for eit nordisk prosjekt for oppfølging av den europeiske landskapskonvensjonen. Parallelt med dette vil det vere ein nasjonal innsats for å følgje opp denne.

Verkemiddel

Resultatområdet er planlagt finansiert med totalt 522,8 mill. kr. Finansieringa er i hovudsak dekt av budsjettramma for Direktoratet for naturforvaltning, jf. kap. 1427, og fagkapitla 1425 og 1426, men òg kapitla 1400, 1410, 1429 og 1441 inneheld budsjettmidlar som medverkar til finansieringa av resultatområdet i år 2002. Fylkesmannen har òg ansvar for store oppgåver under resultatområde 1. Ein viser til nærare omtale av desse under kap. 1406. Midlar til lønn og drift for desse oppgåvene vart frå 2001 budsjetterte på kap. 1510 Fylkesmannsembeta, under Arbeids- og administrasjons­departementet sitt budsjett.

Naturvernlova, viltlova, laks- og innlandsfisklova, genteknologilova og plan og bygningslova er miljøforvaltninga sine viktigaste juridiske verkemiddel innan resultatområdet. Friluftslova har inn­verknad på arealforvaltning og naturbruk. Ver­nearbeidet etter naturvernlova skjer i det alt vesentlege gjennom tematiske fylkesvise verneplanar, nasjonalparkplanen og verneplan for barskog. Område med særleg store natur- og kulturverdiar kan òg fredast etter kulturminnelova, eventuelt i kombinasjon med naturvernlova og plan- og bygningslova. Plan- og bygningslova er eit viktig verkemiddel for å få til berekraftig arealbruk og arealplanlegging. Riks­politiske retningslinjer for verna vassdrag skal medverke til å oppretthalde verneverdiane i dei verna vassdraga. Lokal forankring av miljøpolitikken er ein føresetnad for at miljøvernet i framtida skal sikrast støtte. Regjeringa legg stor vekt på lokal forankring av miljøvernpolitikken og vil føre vidare arbeidet med å gi kommunar og fylkeskommunar meir ansvar i planlegging og forvaltning av verneområde og i gjennomføringa av rovviltpolitikken. Lov om statleg naturoppsyn har som mål å ivareta nasjonale miljøverdiar og førebyggje miljøkriminalitet. Lova har lagt grunnlaget for etablering av Statens naturoppsyn (SNO).

Motorisert ferdsel i utmark og vassdrag er regulert av motorferdsellova og nasjonal forskrift for bruk av motorkøyretøy i utmark.

Framstilling og bruk av genmodifiserte organismar (GMO) er regulert i genteknologilova i samsvar med prinsippet om berekraftig utvikling. Forvaltninga i Miljøverndepartementet skjer i samråd med andre aktuelle departement.

Fagleg koordinering av nye søknader frå EU om omsetning av GMO er lagt til Direktoratet for naturforvaltning. Regelverket i EU er i rask utvikling. Kontroversielle tema er godkjenning og merking av genmodifiserte produkt og patent på bioteknologiske oppfinningar. Noreg spelar ei aktiv rolle i utviklinga av EU sine reglar for merking og godkjenning av GMO.

Arbeidet med LA 21 vil kunne medverke ve-sentleg til å sikre berekraftig bruk og vern av ­biologisk mangfald på lokalt nivå. Miljøvernstyresmaktene vil prioritere rådgiving og utarbeiding av vegleiingsmateriell, medverke til nettverksbygging og etablering av lokale og regionale arenaer for å fremje LA 21-prosessar i lokal­samfunna.

FN-konvensjonen om biologisk mangfald har som hovudmålsetjingar vern av biologisk mangfald, berekraftig bruk av biologiske ressursar og likeverdig fordeling av fordelane med utnytting av genetiske ressursar. Partslanda har m.a. forplikta seg til å utarbeide nasjonale strategiar og handlingsplanar for vern og berekraftig bruk av biologisk mangfald, og å integrere bevaring og berekraftig bruk av biologisk mangfald i relevante sektorielle eller tverrsektorielle planar, program og politikk. Trondheimkonferansen om biologisk mangfald som Noreg har arrangert i samarbeid med fleire internasjonale organisasjonar, medverkar til ei strategisk og fagleg utvikling av konvensjonen om biologisk mangfald. Neste konferanse vil finne stad i 2003 med teknologioverføring som tema. Som ei oppfølging av plikta til å utvikle ein nasjonal handlingsplan for konvensjonen, vart St.meld. nr. 42 (2000-2001) Biologisk mangfald – sektoransvar og samordning lagt fram våren 2001. Meldinga er eit politisk verktøy for Noreg si oppfølging av konvensjonen om biologisk mangfald og legg spesiell vekt på å medverke til samhandling mellom alle aktuelle sektorar. I St.meld. nr. 42 (2000-2001) føreset Regjeringa at det blir etablert eit nytt kunnskapsbasert forvaltningssystem for biologisk mangfald. Følgjande tre innsatsområde utgjer elementa i systemet: Nasjonalt program for kartlegging og overvaking; samordning av juridiske og økonomiske verkemiddel; og samordning av informasjon, forsking og kompetanse. Opprettinga av ein artsdatabank er ein del av programmet for kartlegging og overvaking. Dette programmet er ein føresetnad for å etablere eit nytt forvaltningssystem. Noreg vil medverke aktivt til ei vidareutvikling og operasjonalisering av konvensjonen m.a. gjennom å følgje opp vedtak innanfor forskjellige sektorar. Det er utarbeidd internasjonale arbeidsprogram for biologisk mangfald i skog, jordbruk, ferskvatn, tørre område og marine system, ein GMO-protokoll (Cartagena-protokollen) er underteikna av 105 land, det er sett i gang ein prosess for å ivareta urbefolkningsgruppene sine kunnskapar om biologisk mangfald og det er sett i gang eit arbeid for å utvikle retningslinjer for tilgang og fordeling av goder for bruk av genressursar. Internasjonalt samarbeid om berekraftig bruk og vern av biologisk mangfald finn òg stad gjennom ei rekkje andre internasjonale og regionale konvensjonar, avtaler og organisasjonar, under dette Ramsarkonvensjonen om våtmarker, Washingtonkonvensjonen om internasjonal handel med truga plante- og dyrearter (CITES), Bonnkonvensjonen om trekkjande arter (CMS), Bernkonvensjonen om bevaring av europeiske ville arter og deira levestader, Oslo-Pariskonvensjonen (OSPAR), Nordsjøkonferansen, Konvensjonen om bevaring av atlantisk laks (NASCO), miljøvernsamarbeidet under Nordisk ministerråd og under Arktisk Råd, FN sitt miljøprogram (UNEP), OECD og Verdas naturvernunion (IUCN). Noreg ønskjer å medverke til ei styrking av det internasjonale miljøvernarbeidet m.a. ved å arbeide for auka effektivisering og styrkt samhandling mellom ulike avtaleverk. Dette gjeld både innanfor gruppa av avtaler som gjeld naturforvalting og biologisk mangfald, og i høve til internasjonal sektorintegrering. Det er vidare aktiv oppfølging av bilaterale miljøavtaler med Russland, Indonesia, Kina og Sør-Afrika. Dei nasjonale etatane innan miljøforvaltninga er òg fagsenter for Direktoratet for utviklingssamarbeid (NORAD) innan miljøretta bistand.

Berekraftig bruk og vern av skog, inkludert genetiske ressursar, blir følgt opp gjennom deltaking i FN sitt skogforum (UNFF), og gjennom arbeidsprogrammet for biologisk mangfald i skog under konvensjonen om biologisk mangfald, og i andre forum. Vidare blir arbeidet med plantegenetiske ressursar for mat og landbruk, som er viktig både for miljø og matvareforsyning og tryggleik, følgt opp gjennom deltaking i gruppa for plantegenetiske ressursar i FN-organisasjonen for ernæring og landbruk (FAO).

I dei siste åra har EU ført ein offensiv og målretta politikk for bevaring av biologisk mangfald. Habitatdirektivet om vern av livsmiljøet og ville dyr og planter, og Fugleverndirektivet om vern av ville fuglar og deira livsmiljø, er blant dei viktigaste instrumenta i dette arbeidet. Desse er obligatoriske for medlemslanda. Eit særskilt vern er gitt for eit sett av verdifulle naturområde, NATURA 2000-nettverket, som til saman skal dekkje heile variasjonsbreidda i den europeiske naturen. F.eks. er Sverige i full gang med å oppfylle dei krav som er sette.

Noreg har gitt si tilslutning til ein europeisk strategi for vern av naturen i regi av Europarådet. Bernkonvensjonen, som Noreg har ratifisert, er gitt i oppdrag å leie implementeringa av denne strategien. I praksis arbeider EU og Europarådet etter omlag same faglege lest. Regjeringa vil ha ei aktiv oppfølging av Europarådet sin strategi, og ambisjonen er at norsk politikk minst skal vere på høgde med EU sin politikk på dette området.

Gode kulturlandskapsdata er vesentleg for å inn­arbeide kulturlandskapsverdiane i arealplanlegginga. I samarbeid med Landbruksdepartementet er det sett i gang eit overvakingsprogram som skal gi oversyn over tilstand og endring i jordbruket sitt kulturlandskap.

Når det gjeld dei store rovdyra blir det lagt vekt på å gjennomføre ei balansert og differensiert forvaltning. Forvaltningsområdet der ulv skal få etablere par og familiegrupper vart fastlagt av Regjeringa i februar 2001 (jf. St.meld. nr. 24 (2000-2001) Regjeringens miljøprofil og rikets miljøtilstand). Nye stillingar knytte til det statlege fellingslaget i regi av Statens naturoppsyn (SNO) er i 2001 etablerte i utmarkskommunar i Finnmark, Nord-Trøndelag og Hedmark. Skadefelling av rovvilt kan gjennomførast både av lokale jaktlag og av det statlege fellingslaget i regi av Statens naturoppsyn (SNO). For oppdrag som blir gitt til SNO er det utforma ein eigen instruks som regulerer metodebruk m.v. i samband med felling av skadedyr. Det blir utbetalt vederlag for rovviltskadar på bufe og tamrein etter nærare fastsette forskrifter. SNO har frå 2001 overteke ansvaret for all skadedokumentasjon i heile landet, med unntak av Finmark fylke der det i 2001 er utforma ei mellombels ordning i regi av Fylkesmannen i nært samarbeid med SNO. I tillegg disponerer ein midlar til førebyggjande tiltak og omstillingstiltak for å avgrense rovviltskadar, og til bestandsovervaking av dei fire store rovdyrartene. Innanfor rovdyrforvaltninga er kommunikasjon med aktuelle rovviltkommunar, organisasjonar og massemedia òg eit viktig verkemiddel, ikkje minst for å medverke til å redusere fryktreaksjonar. For å redusere konfliktar i forhold til dei som har jaktrett, har departementet i samarbeid med aktuelle organisasjonar sett i verk ei prøveordning frå hausten 2001 der staten tilbyr seg å leige jaktrett innanfor revirområde for familiegrupper av ulv. Inntekter og utgifter knytte til ei prøveordning med leige av jaktrett, vil bli budsjetterte over kap. 1427. Regjeringa har sett i verk tiltak for å reduserer tap av sau grunna jerv i beitesesongen 2001. Evalueringa av jerveforvaltninga vart sluttført sommaren 2001, og ein ny forvaltningsmodell for jerv er skissert under pkt 6.1.

Eit forslag til nasjonal overvaking av biologisk mangfald er utarbeidd. Overvakinga vil bli gradvis implementert gjennom arbeidet med dei sektorvise miljøhandlingsplanane, oppfølging av stortingsmeldinga om biologisk mangfald og den nasjonale samordninga av miljøovervaking som er ivareteken av samordningsgruppa for overvaking.

Miljødata, geografiske data og kunnskap om biologisk mangfald skal gjerast tilgjengelege for avgjerdstakarar på lokalt, regionalt og nasjonalt nivå. Ei effektiv geodataforvaltning og lett tilgjengelege kartdata for område av verdi for biologisk mangfald, friluftsliv og vilt- og fiskeressursar vil gi monaleg samfunnsgevinst gjennom kvalitativt betre og kostnadsreduserande arealplanprosessar.

Miljøverndepartementet prioriterer forvaltningsrelatert FoU på omsynskrevjande arter og leveområde, og kunnskapsoppbygging som grunnlag for overvaking. Forsking på effektar av menneskeleg verksemd står sentralt. Utviklinga innan genteknologi går raskt, og forsking på miljøverknader, samfunnsnytte og etikk i samband med dette skal prioriterast. Forsking på desse temaområda er ivareteken gjennom NINA-NIKU instituttforsking og fleire av Forskingsrådet sin program. Programma «Biologisk mangfold, dynamikk, trusler og forvaltning», «Landskap i endring» og «Marine ressurser og miljø» er sentrale. Det blir arbeidd for at forskinga sine resultat skal bli lettare tilgjengelege for allmenta og avgjerdstakarane. Departementet ønskjer òg i større grad å bruke informasjon/kommunikasjon og folkeleg deltaking som eit strategisk verkemiddel for å nå måla i resultatområde 1 Berekraftig bruk og vern av biologisk mangfald.

Forvaltning av jerv

Stortinget ga gjennom Innst. S. nr. 301 (1996-97), jf. St. meld. nr. 35 (1996-97) Om rovviltforvalting, rammevilkår for jerveforvaltninga i Noreg. Det har vore eit mål å halde oppe reproduksjon og utbreiing av jerv i Nord-Noreg minst på det nivå ein hadde i 1997. I Sør-Noreg skulle det innførast eit strengt vern for arta innan eit fastsett kjerneområde, men slik at det ville bli opna for bestandsregulering dersom bestanden auka utover 8-10 ynglingar årleg. Av omsyn til skadepotensialet i forhold til sau skulle det ikkje leggjast til rette for etablering av ynglande jerv utanfor kjerneområdet, og generelt skulle det vere ein låg terskel for å utløyse fellingsløyve utanfor kjerneområdet. Ut frå desse målsetjingane er forvaltningspraksis etablert slik at bestanden i Sør-Noreg utanfor kjerneområdet har vore forvalta gjennom lisensjakt og skadefelling, under dette hiuttak, men med særlege omsyn i ein korridor mot aust for å sikre høvet til utveksling av individ med Sverige. Innanfor kjerneområdet har det vore eit svært avgrensa uttak. Når det gjeld jervebestanden i Nord-Noreg, har denne i samsvar med behandlinga av St. meld. nr. 35 (1996-97) vore forvalta slik at ein skulle sikre samanhengande utbreiing av jerv på Nordkalotten, og at uttak av jerv ikkje skulle føre til redusert bestandsstorleik.

Jerv i Sør-Noreg

Storleiken på jervebestanden og utbreiinga av jerv i Sør-Noreg har auka frå det tidspunktet då St. meld. nr. 35 (1996-97) vart behandla. Oppdaterte utrekningar på bakgrunn av gjennomsnittleg tal kjente ynglingar i perioden 1998-2000, tilseier minimum 55 individ. Talet er høgare enn ein trudde før, og er nærare ei dobling av estimatet som låg til grunn ved behandling av St. meld nr 35 (1996-97). Frå og med 1997 er det påvist ynglingar òg utanfor kjerneområdet, og totalt 11 ynglingar vart med full visse påvist i Sør-Noreg i 2001. Av desse var 8 innanfor kjerneområdet for jerv. Det geografiske området der skadar valda av jerv er påvist har blitt monaleg utvida dei seinare åra.

Avgangen av jerv i Sør-Noreg har vore stabil, og siste jaktår (1.4.00-31.3.01) vart det registrert 4 dyr i avgang. Inneverande jaktår er det sidan 1. april så langt registrert ein avgang på 15 dyr, av dette 10 ungar og 5 vaksne. 3 vaksne og 9 ungar er avliva ved hiuttak. Blant desse var 1 tispe og 2 kvelpar frå hi i kjerneområdet. Uttaket er resultat av skadefellingsløyve som er gitt i tråd med varsla endringar i forvaltningsregimet, og med grunnlag i nye bestandsvurderingar.

Jerveskadane på sau og lam i Sør-Noreg har auka kvart år i perioden 1994-2000. Frå 1996 til 2000 auka talet dyr erstatta som drepne av jerv frå 4 610 til 9 407. Utbetalingane av vederlag har auka både innanfor og utanfor kjerneområdet, men auken har vore størst utanfor. I 2000 vart det erstatta ca 1 000 fleire dyr som drepne av jerv utanfor kjerneområdet enn innanfor.

Med bakgrunn i dei bestandsdata som no ligg føre for jerv i Sør-Noreg, meiner departementet at forvaltningsmålet for jerv i Sør-Noreg er nådd. Føremålet med ei kjerneområde-forvaltning er etter departementet si vurdering primært å sikre ei kontrollert oppbygging av ei rovviltstamme til eit levedyktig nivå. Då dette nivået no er nådd, fell noko av grunnlaget for ein slik forvaltningsmodell bort.

Framover i tid skal jerv i Sør-Noreg forvaltast meir på linje med den forvaltninga som er i dag av jerv i Nord-Noreg. Regjeringa har derfor bestemt å avvikle kjerneområdet for jerv i Sør-Noreg med verknad frå 1. april 2002. Dette inneber at jerv i Sør-Noreg i større grad vil bli forvalta aktivt ut frå konfliktnivå i forhold til sau i utmark. For å skape tilstrekkeleg tryggleik for framtida i sauehaldet skal det inntil vidare ikkje aksepterast etablering av ynglande jerv i faste bestandar i områda med kvotefri gaupejakt i Sør-Noreg, bortsett frå i det området i Møre og Romsdal som i dag inngår i kjerneområdet for jerv. Vidare skal jerv i Sør-Noreg forvaltast ut frå eit bestandsmål på minst 10-15 årlege ynglingar i heile Sør-Noreg. Dette vil vere tilstrekkeleg for at arta skal overleve, dersom det gjennom forvaltninga kan sikrast ei viss utveksling mellom den sør-norske bestanden og dei meir talrike populasjonane av jerv på Nordkalotten. Eit bestandsmål på minst 10-15 årlege ynglingar i hele Sør-Noreg inneber ei vidareføring av det ambisjonsnivået som er i dag for å sikre arta høve til å overleve. Eit slikt bestandsmål er såleis ei nødvendig tilpassing som ei følgje av at ei avvikling av kjerneområdeforvaltninga vil medføre ei større geografisk utbreiing av ein liten bestand av jerv. Det blir vanskelegare å føresjå utviklinga i bestanden, noko som igjen medfører behov for endå større presisjon i bestandsforvaltninga enn ved den modellen som er i dag. Departementet legg elles opp til at bestandsmålet for jerv i Sør-Noreg blir nærare utgreidd og presentert i ei stortingsmelding om rovvilt i 2003.

Det blir lagt opp til at skadefellingsløyve på vilkår, lisensjakt og førebyggjande tiltak (spesielt tidleg sanking) blir utvikla vidare til meir presise verkemiddel som blir målretta mot dei område der konfliktnivået er stort. Særleg vil det vere viktig å sikre presise uttak av skadedyr i slike områder, m.a. gjennom en aktiv innsats fra SNOs fellingsslag. Alle fylke i Sør-Noreg skal i løpet av 2001 utarbeide fylkesvise forvaltningsplanar for store rovdyr. Departementet vil be om at òg fylke som ligg innanfor området med kvotefri gaupejakt (Vestlandet) gjer ein gjennomgang av kva område i randsona austover som kan vere eigna til forvaltning av jerv utan at konfliktane i høve til beitenæringa blir for store. Departementet meiner at ein slik forvaltningsmodell for jerv i Sør-Noreg kan gi eit lågare konfliktnivå enn i dag samtidig som arta blir sikra å overleve på det nivået som er i dag.

Departementet vil leggje vedtak om fellingskvotar for jerv i Sør-Noreg til eit demokratisk organ som representerer dei regionar der jerven har si utbreiing. Ei ny jervenemnd for Sør-Noreg vil få eit større ansvar for tildeling av fellingskvotar innanfor heile utbreiingsområdet for jerv i Sør-Noreg, og ikkje berre utanfor det eksisterande kjerneområdet. Dette inneber etter departementet si vurdering at ei ny jervenemnd for Sør-Noreg bør bestå av representantar som direkte representerer dei aktuelle fylkeskommunane, og der sekretariatsansvaret blir lagt til ein sentral fylkeskommune. Departementet føreset vidare at ei lokal forankring av forvaltninga av jerv i Sør-Noreg blir sikra gjennom at dei mest aktuelle kommunane i størst mogleg grad får høve til å stå føre eller medverke ved konkrete forvaltningsoppgåver, m.a. gjennom tildeling av fellingsløyve på vilkår, gjennom organisering av arbeidet med førebyggjande tiltak, gjennom bruk av lokale fellingslag m.v. For å medverke til å effektivisere lisensjakt på jerv ønskjer departementet frå neste jaktår å forlenge jakttida slik at starttidspunktet i heile landet blir framskunda frå 1. oktober til 20. august. Vidare vil departementet vurdere bruk av båsfangst også i samband med jakt på jerv. Forslaga er gitt som samrøystes råd frå det sentrale rovviltutvalet (SRU), og vil bli følgde opp gjennom eigen høyringsrunde i vinter.

Jerv i Nord-Noreg

Talet på jerv i Nord-Noreg har totalt sett auka sidan stortingsmeldinga vart behandla, og auken har skjedd hovudsakleg i fylka Troms og Nord-Trøndelag. I 2000 vart det registrert 34 ynglingar i Nord-Noreg. Førebels registrering for inneverande sesong (2001), tyder på ein reduksjon i talet på ynglingar til 21. Oppdaterte utrekningar på vinterbestanden av jerv i Nord-Noreg gir eit estimat på ca 214 individ. Tilsvarande tal for perioden 1995-1997 var ca 180. Den nordnorske bestanden av jerv er i direkte kontakt med den svenske delen av bestanden.

Rein går tapt gjennom året hovudsakleg på grunn av rovdyr, sjukdom, ulykker og tap som følgje av ugunstig vêr og slitne beite. Rein er det einaste beitedyret som finn næringa si i utmark heile året. Driftsforma medfører derfor i seg sjølv auka tapsrisiko, og gjer reindriftsnæringa spesielt sårbar ved ein auke i rovdyrstammene. Rovdyrtapa sin del av dei totale tapa i reindriftsnæringa har vore aukande dei siste åra. Dette speglar seg m.a. i eit auka tal utbetalingar av vederlag. Det gjennomsnittlege talet på rein som er erstatta dei tre siste åra er meir enn dobla for Finnmark og nær dobla for Troms i forhold til dei to føregåande åra. Det inneber at tapa på grunn av rovvilt no er omkring 25 % og 35 % av totaltapa av rein i respektive Finnmark og Troms. Dokumentasjonen av rovvilttap er effektivisert dei siste åra og fleire kadaver er undersøkte, men i forhold til dei auka tapa er dokumentasjonsprosenten gått ned og ligg i gjennomsnitt for dei tre siste åra på respektive ca 8 % og 10 %. Kadaverdokumentasjonen viser at det i hovudsak er jerv og kongeørn som står for dei største tapa, og at tap som skuldast kongeørn har auka mest dei siste åra. Endringar av viltlova, ny erstatningsforskrift, auka midlar til førebyggjande tiltak, og auka samarbeid og ferdigstilling av ein heilskapleg forvaltningsplan for rovvilt i Finnmark fylke er blant dei nye og viktige tiltaka ved sidan av fellingstiltak som skal redusere tapa i reindrifta pga. rovvilt. Som følgje av produksjonssvikten i reindriftsnæringa løyvde Regjeringa 20 mill. kr som ekstraordinær støtte innan delar av Aust-Finnmark, Vest-Finnmark og Troms reinbeiteområde. Dette kom i tillegg til ekstra midlar over reindriftsavtala i forhold til Verdiskapingsprogrammet og ei frivillig ordning for innløysing av driftseiningar i distrikt med oversysselsetjing og for mykje rein. Under forhandlingane om reindriftsavtala vart partane vidare samde om å revitalisere eit felles forum for å drøfte problem og tiltak knytte til reindrift og rovviltforvaltning.

Avgangen av jerv i Nord-Noreg har auka monaleg dei siste åra. Jaktåret 1998/99 vart det registrert ein avgang på 17 jerv. Jaktåret 1999-2000 auka talet til 25, og siste jaktår (2000-2001) vart det registrert 39 dyr i avgang. For å få til eit sikkert og effektivt uttak i samband med store tap til jerv i indre Finnmark sist vinter er det i 2001 teke i bruk ekstraordinære verkemiddel ved bruk av Statens naturoppsyn og løyve til bruk av luftfartøy i fellinga. I Finnmark, Troms og Nordland er det i perioden januar til august 2001 felt i alt 10 jerv i regi av Statens naturoppsyn. I tillegg vart heile kvoten under lisensjakta i desse tre nordlegaste fylka felt siste jaktår.

Åra 1994-1997 vart det årleg erstatta mellom 2 300 og 3 000 sauer og lam som drepne av jerv i Nord-Noreg. Dei siste åra har tapa auka noko, og i 2000 vart 3 818 sauer og lam erstatta som drepne av jerv. Kvart av dei fire reindriftsåra 1995/96 til 1998/99 vart mellom 1 700 og 1 900 tamrein erstatta som drepne av jerv, mens talet vart redusert til 1 494 reindriftsåret 1999/00. Statistikken er likevel ikkje fullstendig då ein del av vederlaga ikkje er spesifisert på skadevaldar.

Bestandssituasjonen i dag for jerv i Nord-Noreg og dei overvakingsopplegga som er sette i verk gir etter departementet si vurdering totalt sett eit forsvarleg grunnlag for å styre bestandsutviklinga og utbreiinga gjennom uttak. Det er samtidig ei høg fellingsgrad ved lisensjakta i Nord-Noreg, slik at dette verkemidlet fyller rolla si som føresett. Det høge tapet av rein i enkelte område er likevel ikkje tilfredsstillande, samtidig som det er meir komplisert å førebyggje desse ved andre tiltak enn felling. Dette er òg bakgrunnen for at det i 2000 og 2001 er lagt opp til auka uttak av jerv i Nord-Noreg, under dette òg iverksett felling av enkeltindivid eller tisper og ungar i hi etter at den ordinære lisensjakta er avslutta. På denne måten er det prøvd å kombinere dei ulike verkemidla betre med sikte på å redusere tapa.

Etter departementet si vurdering er det med det verkemiddelapparatet for jerv i Nord-Noreg som finst i dag forsvarleg å forvalte jervebestanden om lag på det nivå den har i dag, samtidig som arbeidet med å redusere tap må intensiverast gjennom auka vektlegging av målretta felling og førebyggjande tiltak. For tamrein er tapsårsakene samansette. Ved sida av tiltak for å redusere konfliktar og tap grunna rovvilt arbeider Regjeringa med å sikre eit betre samsvar mellom talet på beitedyr og tilgjengelege beiteressursar. I forhold til tap av sau i utmark grunna jerv i Nord-Noreg vil ein målretta og utvida bruk av tidleg nedsanking av sau i særleg konfliktfylte område saman med presis felling gi høve til å redusere konfliktar og tap.

10 Resultatområde 2 Friluftsliv

Definisjon og avgrensing

Tilgang til friluftsliv for alle er eit viktig grunnlag for god livskvalitet, m.a. i form av betre helse og auka trivsel. Naturopplevingar medverkar til auka interesse for og kunnskap om naturen. Dette skaper auka miljømedvit i befolkninga – eit viktig grunnlag for den respekt og audmjuke som krevst for ei god og framtidsretta forvaltning av den norske natur- og kulturarven.

Resultatområdet omfattar å ta vare på befolkninga sin tilgang til å utøve friluftsliv gjennom å sikre areal og rettar til ferdsel og opphald, leggje til rette for bruk av desse areala og å stimulere til miljøvennleg friluftsliv. Areal for friluftsliv, grunnlaget for haustingsaktivitetar som bærplukking, jakt, fiske o.l. og den kulturhistoriske dimensjonen ved friluftsliv blir òg tekne vare på gjennom arbeidet på resultatområda 1, 3 og 9. Andre miljøkvalitetar som har innverknad på friluftslivet er ivaretekne gjennom resultatområda 1, 3, 4, 6 og 7. Friluftsliv i polare område er dekt av resultatområde 8.

Strategisk mål

Alle skal ha høve til å drive friluftsliv som helsefremjande, trivselsskapande og miljøvennleg aktivitet i nærmiljøet og i naturen elles.

Nasjonale resultatmål, miljøvernforvaltninga sine arbeidsmål og resultatindikatorar og ­statusbeskriving

Statusbeskriving

Regjeringa la våren 2001 fram St.meld. nr. 39 (2000-2001) Friluftsliv – Ein veg til høgare livskvalitet. Meldinga gir ei brei oversikt over friluftslivet sine verdiar, utbreiing, trendar, mål og tiltak. Meldinga vart ikkje behandla av Stortinget i vårsesjonen 2001, men vil venteleg bli behandla vinteren 2001/2002.

Arbeidsmål 1.1. Stimulere til utøving av ­miljøvennleg friluftsliv i samarbeid med frivillige organisasjonar.

Landsomfattande undersøkingar om friluftsliv er blitt gjennomførte ei rekkje gonger sidan 1970. Siste undersøking vart gjort i 1996, og er såleis litt gammal. Til trass for at spørsmåla er formulerte litt ulikt, kastar desse undersøkingane lys over utviklinga i aktivitetsmønsteret knytt til friluftsliv.

Eit hovudtrekk i utviklinga frå 1970-talet er at det har blitt langt fleire utøvarar i mange friluftsaktivitetar. Dette gjeld spesielt aktivitetar som ski- og fotturar i fjellet, fotturar i skog og mark, løpe- og joggeturar i naturomgivnader og køyring i alpinanlegg. Desse aktivitetane viste ein auke fram mot slutten av 1980-åra, for deretter å halde seg stabile. På 1990-talet er det særleg aktiviteten sykling i naturomgivnader som har auka sterkt. Når det gjeld fiske og jakt, har aktiviteten halde seg rimeleg stabil i heile perioden, mens omfanget av bær- og soppturar har vist nedgang.

I ei undersøking frå 1999 av endringar i norsk friluftsliv oppgir over halvparten av dei spurde at dei ikkje har nokon favorittaktivitet når det gjeld friluftsliv, men at friluftslivet deira består av kvardagsfriluftslivet med «enkle» aktivitetar i nærområda.

Sjølv om deltakartalet har auka, viser undersøkingane frå 1970-talet og fram til i dag at frekvensen av den enkelte si deltaking i friluftsliv ikkje har endra seg nemneverdig i tidsperioden.

Det er i gang eit samarbeid med Statistisk sentralbyrå slik at undersøking av friluftsaktivitetar blir ein del av «Levekårsundersøkinga». I 2001 vil undersøkinga bli gjennomført og resultata vil vere klare våren 2002.

Arbeidsmål 2.1. Barn og unge skal meistre trygg og miljøvennleg ferdsel i utmark

Statistikk som kastar lys over status i forhold til dette arbeidsmålet, vil bli tilgjengeleg våren 2002.

Generelt kan vi slå fast at folk flest har ein del kunnskap om og dugleik i friluftsliv. Barn og unge får viktig opplæring gjennom turlivet til foreldre og venner, og ikkje minst gjennom barnehage, skule og innsatsen til organisasjonar. Undersøkingar viser at kunnskap og dugleik aukar med målretta stimulering og at grunnlaget for gode friluftslivsvanar i vaksen alder blir lagt i barndommen.

Barn sitt friluftsliv er i hovudsak knytt til leik, men dessverre har barn sin leik i aukande grad gått bort frå utandørs- og til innandørsaktivitetar prega av stillesitjande leik med TV-titting, dataspel og video. Undersøkingar tyder dessutan på at transport med bil eller buss til skule, barnehage og fritidsaktivitetar aukar. Den passive livsstilen gjer at barn ikkje berre får redusert motorisk dugleik, dei blir òg fysisk svakare, mindre uthaldande og overvektige.

Den negative trenden for barn som er omtalt over, gjeld om mogleg i endå større grad for ungdom. Undersøkingar viser at ungdom driv lite med friluftsliv og fysiske aktivitetar.

Departementet har starta eit samarbeid med Statens råd for ernæring og fysisk aktivitet (SEF) om å følgje med i utviklinga.

Tabell 10.1 Mål- og indikatortabell for resultatområde 2 Friluftsliv.

Nasjonale resultatmål

Miljøvernforvaltninga sine arbeidsmål

Miljøvernforvaltninga sine resultatindikatorar

1. Friluftsliv basert på allemannsretten skal haldast i hevd i alle lag av befolkninga.

1.1. Stimulere til utøving av miljøvennleg friluftsliv i samarbeid med relevante partar, under dette frivillige organisasjonar.

– Statistikk om folk si deltaking i friluftsliv, under dette:

– Dagsturar og overnattingsturar i naturomgivnader

– Bruk av nærområde i byar og tettstader.

– Bærplukking, fritidsfiske og jakt.

2. Barn og unge skal gis høve til å utvikle dugleik i friluftsliv.

2.1. Barn og unge skal meistre trygg og miljøvennleg ferdsel i utmark.

– Kunnskap om allemannsretten, fjellreglane og sjøvettreglane innan fylte 18 år, i eit utval kommunar (ikkje operativ).

– Prosentdelen av barn og unge under 18 år som har delteke i friluftsaktivitetar dei siste 12 månadene.

– Talet på medlemmer i ungdomsorganisasjonar dominert av aktivitetar retta mot natur- og friluftsliv som f.eks. speidarforeiningar og turistforeininga sine ungdomsgrupper (ikkje operativ)

3. Område av verdi for friluftslivet skal sikrast slik at miljøvennleg ferdsel, opphald og hausting blir fremja og naturgrunnlaget teke vare på.

3. 1. Framtidige behov for kjøp, bandlegging og avtalt fleirbruk av naturområde skal framgå av vedtekne kommunale planar i fem utvalde fylke innan år 2004.

3.2. Alle viktige friluftslivsområde, (dvs. skjergardsparkar og tilsvarande og viktige (by)marker), skal innan år 2005 inngå i opplegg som gir tilfredsstillande tilretteleggings- og skjøtselsnivå.

3.3. Vilt- og ferskvass-fiskeressursar som kan utnyttast skal vere tilgjengelege for allmenta.

– Prosentdelen kommunar med planar som omfattar slike område i desse fylka.

– Prosentdelen av friluftsområde med slikt forvaltningsopplegg.

– Prosentdelen av område som kan utnyttast (dvs. fiskevatn, fiskeførande elvelengd, jaktterreng o. l.) i eit utval kommunar med kortsal for fiske og småviltjakt.

4. Ved bustader, skular og barnehagar skal det vere god tilgang til trygg ferdsel, leik og annan aktivitet i ein variert og samanhengande grøntstruktur med godt samband til omkring-liggjande naturområde.

4.1. I samarbeid med aktuelle partar leggje til rette for at minst 30 % av bustader, skular og barnehagar i eit utval byar og tettstader har trygt og tilgjengeleg rekreasjonsareal innan 500 meters avstand og i tilknyting til ein samanhengande grøntstruktur.

4.2. Alle kommunar skal ha kartlagt sine uteområde

– Prosentdelen slike bygningar med rekreasjonsareal og tilknyting til grønt-struktur innan 500 m.

– Prosentdelen kommunar som har gjort slik kartlegging.

Arbeidsmål 3. 1. Framtidige behov for kjøp, ­bandlegging og avtalt fleirbruk av naturområde skal framgå av vedtekne kommunale planar i fem utvalde fylke innan år 2004.

I samarbeid med kommunane har fylkesmennene og Direktoratet for naturforvaltning kartlagt det framtidige behovet for å sikre friluftslivsområde gjennom kjøp og bandlegging av areal på kysten frå svenskegrensa til og med Hordaland. Med tilskot frå Direktoratet for naturforvaltning gjennomfører Friluftsrådas landsforbund eit prosjekt som m.a. skal føre vidare dette arbeidet. I løpet av siste år er det opna ny skjergardspark i Lindesnes. Fleire viktige område er òg sikra til friluftsføremål med statleg finansiering, m.a. Malmøya i Larvik og Dunholmen i Nøtterøy og Randvika i Risør.

Arbeidsmål 3.2. Alle viktige friluftslivsområde, (dvs. skjergardsparkar og tilsvarande, og viktige (by)marker), skal innan år 2005 inngå i opplegg som gir tilfredsstillande tilretteleggings- og skjøtselsnivå.

Det er utarbeidd heilskaplege forvaltningsplanar som m.a. oppgir behovet for tilrettelegging og skjøtselsnivå for ein overvegande del av friluftslivsområda i Oslofjorden, skjergardsparkane på Sørlandet og Vestkystparken.

På oppdrag frå Miljøverndepartementet har fylkesmennene innhenta rapportar frå kystkommunane om dispensasjonspraksisen i 100-metersbeltet. Rapporteringa gjeld saker som krev dispensasjon frå byggjeforbodet i § 17-2 i plan- og bygningslova, kommuneplanen sin arealdel eller reguleringsplan. Rapporteringa omfattar ikkje tiltak i byggjeområde eller tiltak som ikkje er søknadspliktige. Rapporteringa viser at det er gitt 1404 dispensasjonar i 2000, mens 489 søknader er avslått. Følgjeleg er om lag 75 % av søknadene innvilga. I fylka som er omfatta av «Rikspolitiske retningslinjer for Oslofjorden» er i gjennomsnitt 59 % av søknadene innvilga. Hordaland har flest saker med 393 søknader. Av desse vart 80 % innvilga. Rapporteringa er gjennomført for første gong i 2000 som eit ledd i den statlege tiltakspakken for strandsona, og vil halde fram.

Ofte vil andre ting enn bygningane ha stor privatiserande effekt i strandsona. Tiltak som plattingar, bryggjer, trappeanlegg, flaggstenger, gjerde, steinar som er lagt ut m.v. vil i mange tilfelle ha større verknad som ferdselshinder for allmenta. Dels er dette forsøk på fysisk å hindre ferdsel, dels er det mindre tiltak som til saman gir eigedommen eit sterkt privat preg, slik at ein kvier seg for å passere. I mange tilfelle vil dette vere ulovlege stengsel i høve til friluftslova. I eit samarbeidsprosjekt mellom Fylkesmannen i Østfold og Østfold fylkeskommune er i alt ca. 4500 ulike privatiserande objekt/tiltak registrere i 100-metersbeltet over ei kyststrekning på 340 km. Dette inneber at det mellom kvart slik objekt/tiltak berre er gjennomsnittleg 75 m. Tilgjengeprosjektet i Østfold viser at kommunane må gjere ein omfattande jobb for å få til auka tilgjenge for allmenta. I tillegg viser resultata kor viktig det er å ta vare på dei lengre kyststrekningane utan privatiserande objekt/tiltak og å halde desse inngrepsfrie.

Arbeidsmål 3.3. Vilt- og ferskvass-fiskeressursar som kan utnyttast skal vere tilgjengelege for allmenta.

Organiseringa av jakt og fiske varierer mellom kommunar og fylke. Aktiviteten aukar likevel på dette feltet. Gjennom eit konstruktivt samarbeid med rettshavarane blir fleire og fleire område organiserte og opna for allmenta. Som eit tiltak for å auke tilgjenget til innlandsfisk blir det for 2002 fremja forslag om å fjerne fiskeavgifta for denne type fiske (unntatt fiske etter anadrom laksefisk). Talet på jegerar som har løyst jegeravgiftskort har vist ein klar auke i dei seinare åra. Omkring 191 000 personar betalte jegeravgift i 2000/2001 (mot 190 000 i 1999/2000). I jegerregisteret er det registrert omkring 350 000 personar (mot 335 000 året før). Ca. 224 000 personar betalte fiskeavgift i 2000/2001, noko som var ein reduksjon på 3000 i forhold til 1999.

Arbeid med å betre allmenta sin tilgang til jakt og innlandsfiske vil i aukande grad skje ved at rettshavarane utarbeider driftsplanar for dei vilt- og fiskeressursane som kan haustast, jf. arbeidsmål 4.1 under resultatområde 1.

Arbeidsmål 4.1. I samarbeid med aktuelle partar ­leggje til rette for at minst 30 % av bustader, skular og barnehagar i eit utval byar og tettstader har trygt og tilgjengeleg rekreasjonsareal innan 500 meters avstand og i tilknyting til ein samanhengande ­grøntstruktur.

Arbeidet med kartlegging og rettleiing blir ført vidare som ledd i Regjeringa sitt program for miljøvennleg storbyutvikling. Dette målet vil og bli fulgt opp gjennom dei sektorvise miljøhandlingsplanane (SMH).

Verkemiddel

Resultatområdet er planlagt finansiert med totalt 89,9 mill. kr. Finansieringa blir i hovudsak dekt av Direktoratet for naturforvaltning si budsjettramme jf. kap. 1427, og delar av kapitla 1425 og 1426. Vidare inneheld delar av Miljøverndepartementet sine budsjettkapittel 1400 og 1410 òg budsjettmidlar som medverkar til finansieringa av resultatområdet i år 2002. Fylkesmannen har òg oppgåver under resultatområde 2. Midlar til lønn og drift for desse oppgåvene vart frå og med 2001 budsjetterte på kap. 1510 Fylkesmannsembeta, under Arbeids- og administrasjonsdepartementet sitt budsjett.

Statlege midlar til å sikre regionalt og nasjonalt viktige friluftslivsområde er eit nødvendig verkemiddel der arealpresset og konfliktpotensialet er stort. Statlege midlar er òg viktige for å motivere kommunane til å realisere vedtekne planar for å bevare grøntstruktur og leggje til rette for friluftsliv. Slik medverknad gir svært god effekt då midlane utløyser monaleg kommunal eigeninnsats. Løyvingane til dette formålet har med budsjettforslaget for 2002 auka med 18,0 mill. kr i løpet av to år.

Staten medverkar dessutan til finansiering av driftsordningar for dei sikra områda i samarbeid med kommunane.

Det gis vidare driftsstøtte til Friluftslivets fellesorganisasjon (FRIFO), Den Norske Turistforening og Norges Jeger- og Fiskerforbund og Friluftsrådenes Landsforbund. Dette gjeld m.a. til arbeidet i Forum for natur og friluftsliv som er organisert i alle fylke. Det blir dessutan gitt tilskot til stimuleringstiltak i regi av dei frivillige organisasjonane. Desse midlane vil vere knytte til aktivitetsretta prosjekt med formål å stimulere nye grupper, især barn og unge, til å utøve friluftsliv.

Det blir òg gitt tilskot til frivillige organisasjonar til tilrettelegging for fritidsfiske og jakt.

I tillegg til plan- og bygningslova er friluftslova, lakse- og innlandsfiskelova og viltlova dei viktigaste juridiske verkemidla. Miljøverndepartementet har gitt ut eit rundskriv om friluftslova som gir oversikt over kommunane sine oppgåver med å fremje allmenta sine friluftsinteresser.

Trass i byggjeforbodet i 100-metersbeltet og «Rikspolitiske retningslinjer for Oslofjorden» har utbygginga i strandsona halde fram på grunn av liberal utbyggingspraksis og dispensasjonar. Dette har ført til at allmenta sin tilgang til strandsona er sterkt avgrensa i mange av kommunane langs Oslofjorden. Det blir føreslått å gjennomføre tiltak som vil sikre mange av dei mest verdifulle friluftsområda, og verne dei mest verdifulle naturområda. I budsjettet for 2000 vart det løyvd 2 mill. kr til å starte dette arbeidet under kap. 1427 post 30. Utkast til verneplan for Vestfold vart lagt fram for lokal høyring i 2001. Dette arbeidet held fram i 2002.

Det er venta at kvaliteten på område der friluftsliv blir utøvd vil auke ved innføring av åtferdsreglar for skjergardsparkane, mål og retningslinjer for tilrettelegging i fjellet, generelle prinsipp for naturvennleg tilrettelegging, og informasjon om rettar og plikter knytte til naturbruk. Slike tiltak vil òg kunne førebyggje skadar på biologisk mangfald. Samordna driftsordningar langs kysten er på same måten eit viktig tiltak for å halde ved like intensivt utnytta friluftslivsområde. Informasjon om allemannsretten er eit viktig verkemiddel for å fremje omsynsfull ferdsel i naturen og for å demme opp for ei utvikling med former for friluftsliv og kommersiali­sering som slit meir på naturen. Miljøverndepartementet samarbeider med andre styresmakter for å auke tryggleiken og miljømedvitet blant brukarane av fritidsbåtar. Gjennom Norges Jeger- og Fiskerforbunds «Fritidsfiskeprosjekt» blir det arbeidd med å stimulere til fritidsfiske i befolkninga generelt og overfor barn, ungdom, kvinner og funksjonshemma spesielt.

For å fremje human, sikker og etisk forsvarleg jakt blir det lagt stor vekt på haldningar i den obligatoriske jegeropplæringa. Forskingsprogramma «Miljøbetinget livskvalitet» og «Bruk og forvaltning av utmark» har skaffa fram ny og forvaltningsrelevant kunnskap for resultatområdet. Denne forskinga vil bli ført vidare innanfor det nye programmet «Landskap i endring». I programplanen er det m.a. fokusert på den innverknad natur- og kulturmiljø har på livskvalitet og trivsel, og på dei effektar miljøendringar har for livskvalitet og for barn og unge si utvikling.

Departementet ønskjer òg i større grad å bruke informasjon/kommunikasjon som eit viktig strategisk verkemiddel for å nå måla under resultatområde 2 Friluftsliv.

11 Resultatområde 3 Kulturminne og kulturmiljø

Definisjon og avgrensing

Kulturarven tilhøyrer oss alle og skal forvaltast slik at flest mogeleg kan ha glede av den som ressurs for bruk og som oppleving. Kulturarven vitnar om både kontinuitet og endring gjennom tidene, og er òg viktig som grunnlag for vår tolking og forståing av fortida. Samtidig gir kulturarven kunnskap om materialbruk og handverksteknikkar som har mykje å seie for arbeidet med miljøvenleg byggjeskikk og ein varsam bruk av naturressursane. Slik kan kulturarven òg hjelpe oss å velje strategiar for ei berekraftig utvikling. Medviten satsing på vedlikehald av kulturminnene kan gi kompetanse og sysselsetjing i distrikta med positive ringverknader langt utover det enkelte vernetiltaket.

Resultatområdet omfattar bevaring av kulturminne, kulturmiljø og det kulturhistoriske innhaldet i landskapet gjennom vern, berekraftig bruk og vedlikehald. I arbeidet inngår automatisk freda kulturminne og kulturminne og kulturmiljø som er freda etter kulturminnelova. Sikring av kulturhistoriske verdiar og kvalitetar i våre fysiske omgivnader skjer òg gjennom tilfredsstillande forvaltning, gjennom det ordinære kommunale planarbeidet og som ledd i by- og tettstadsutviklinga. Resultatområdet inkluderer òg fartøyvern. I tillegg dekkjer det internasjonalt samarbeid, og oppfølging av konvensjonar og andre internasjonale avtaler for å sikre kulturminne og kulturmiljø. Landskapsarbeidet er i hovudsak dekt av resultatområde 1.Verknader av luftforureining på kulturminne er dekt av resultatområde 7.

Strategisk mål

Mangfaldet av kulturminne og kulturmiljø skal forvaltast og takast vare på som bruksressursar, og som grunnlag for oppleving og vidareutvikling av fysiske omgivnader. Eit representativt utval av kulturminne og kulturmiljø skal takast vare på i eit langsiktig perspektiv som kunnskapsressursar og som grunnlag for opplevingar.

Tabell 11.1 Mål- og indikatortabell for resultatområde 3 Kulturminne og kulturmiljø.

Nasjonale resultatmål

Miljøvernforvaltninga sine arbeidsmål

Miljøvernforvaltninga sine resultatindikatorar

1. Det årlege tapet av kulturminne og kulturmiljø som følgje av fjerning, øydelegging eller forfall skal minimerast, og skal innan år 2008 ikkje overstige 0,5 % årleg.

1.1. Styrkje omfanget og tilgjenget av forvaltningsretta kunnskap om kulturminna.

1.2. I samarbeid med aktuelle partar skal stadene sin eigenart og deira kulturhistoriske innhald takast vare på, og estetiske kvalitetar i stadsforminga innan kommunal planlegging og byutviklingspolitikk skal vektleggjast.

1.3. Styrkje kommunesektoren som forvaltningsnivå innan kulturminneområdet.

1.4. I samarbeid med aktuelle partar leggje til rette for auka medvit i kommunane om verdien av og høvet til vidare bruk og ombruk framfor riving og utbygging.

1.5. I samarbeid med andre sektorar utvikle verkemiddel (eksisterande og nye) for vern av kulturminne og kulturmiljø.

– Talet på kommunar med tilgang til kulturminneregister.

– Talet på arealbrukande sektorar med tilgang til kulturminneregistra.

– Talet på kommunar med vedteken kommunedelplan for kulturminne og kulturmiljø.

– Talet på kommunar med kulturminnefagleg kompetanse.

– Talet på kommunar som nyttar stadsanalyse som planverktøy.

– Meir ansvar og mynde lagt til kommunesektoren innan 2006.

– Opplærings- og rettleiingstiltak som er sette i verk

– Mengd bygningsavfall frå riving og rehabilitering.

– Talet på statlege sektorar med eigen kulturminnefagleg kompetanse.

2. Det representative utvalet av kulturminne og kulturmiljø skal bevarast i ein tilstand som svarer til 1998-nivå, og freda bygningar og anlegg skal ha ordinært vedlikehaldsnivå innan år 2010.

2.1. Førebyggje og redusere inngrep i freda kulturminne og kulturmiljø.

2.2. I samarbeid med m.a. lokale styresmakter og eigarar leggje til rette for å betre tilstanden for verneverdige kulturminne og kulturmiljø.

2.3. Følgje opp Noreg sine plikter i forhold til UNESCO sin verdsarvkonvensjon: gjennom forvaltninga av dei norske verdsarvområda og ved å medverke til betre representativitet av områda på verdsarvlista.

– Talet på dispensasjonar.

– Prosentdel verneverdige kulturminne som har ordinært vedlikehaldsnivå.

– Talet på forvaltningsplanar for freda kulturminne og kulturmiljø.

– Formelt vern etablert.

– Rutinemessig revidering av tilstand på dei norske verdsarvområda er gjennomført og dokumentert.

– Tentativ liste over nye norske nominasjonar til verdsarvlista sendt UNESCO

3. Den geografiske, sosiale, etniske og tidsmessige breidda i varig verna kulturminne og kulturmiljø skal betrast, slik at svakt representerte og manglande hovudgrupper er representerte med fleire objekt innan år 2004 (i forhold til 1998-nivå).

3.1. I samarbeid med aktuelle partar arbeide for at andre sektorar tek større ansvar for kulturminne knytte til eiga verksemd.

3.2. Gjennomføre fredingar i samsvar med sektorvise verneplanar.

– Talet på ferdigstilte sektorvise verneplanar.

– Talet på fredingar av svakt representerte hovudgrupper.

– Talet på fredingar i samsvar med plan.

Nasjonale resultatmål, miljøvernforvaltninga sine arbeidsmål og resultatindikatorar og statusbeskriving

Som ledd i arbeidet med å betre representativiteten på fredingslista er det i 2001 utarbeidd oversikt som viser hovudgrupper av freda kulturminne. Arbeidsmål 3.1. i St.prp. nr. 1 for 2000-2001 er derfor nådd og teke ut av tabellen ovanfor. I løpet av 2001 ligg det føre ein vernestrategi som vil gi statlege etatar, kommunar og enkeltpersonar innsikt i prioriteringar og vurderingar som kulturminneforvaltninga gjer. Målet med strategien er auka forståing for kva som er verneverdig og kvifor, og kva verkemiddel som kan nyttast for å sikre kulturminne. Arbeidsmål 3.2. i St.prp. nr. 1 for 2000-2001 om å utvikle kriterium for prioritering og vern av kulturminne er nådd gjennom vernestrategien og arbeidsmålet er teke ut av tabellen ovanfor.

Statusbeskriving

Arbeidsmål 1.1. Styrkje omfanget og tilgjenget av forvaltningsretta kunnskap om kulturminna.

For å gjere kulturminnedata lettare tilgjengelege, blir det arbeidd med å samordne dei eksisterande kulturminneregistra i ein moderne kartbasert database der alle typar kulturminne vil finnast. Kulturminnebasen vil vere hovudleverandør av kulturminnedata til AREALIS og Miljøstatus Noreg og gi grunnlagsmateriale til overvaking av kulturminne og årleg rapportering. Kulturminnebasen skal bli tilgjengeleg over Internett for aktuelle brukarar. Kulturminnebasen vil modernisere kulturminneforvaltninga og få den til å fungere meir effektivt i forhold til andre delar av samfunnet. Det blir vist til omtala under Verkemiddel.

Arbeidsmål 1.2. I samarbeid med aktuelle partar skal stadene si eigenart og deira kulturhistoriske innhald takast vare på, og estetiske kvalitetar i stads­forminga innan kommunal planlegging og ­byutviklingspolitikk skal vektleggjast.

Det pågår arbeid med reiskaps- og kunnskapsutvikling med særleg fokus på stadskvalitet, byforming og synleggjering av kulturminne. I den samanheng blir det utvikla prinsipp for bruk, vern, omforming og nybygging i eksisterande kulturmiljø. Det er gjennomført evaluering av fem kommunar sine erfaringar med stadsanalysar. Resultata viser at gode faglege analysar kan gi auka medvit om estetiske og kulturhistoriske kvalitetar. Erfaringane vil danne grunnlag for utvikling av rettleiingsmateriale til kommunane.

Arbeidsmål 1.3. Styrkje kommunen som ­forvaltningsnivå innan kulturminneområdet.

Regjeringa ønskjer å gi kommunesektoren større handlingsrom på miljøområdet. Målet er å stimulere til lokal forankring, forståing og engasjement for viktige miljøvernpolitiske oppgåver hos avgjerdstakarar og lokalbefolkning, og skape ei betre oppgåvedeling mellom staten og kommunesektoren.

Det blir lagt opp til ein aktiv dialog med kommunesektoren om opplegg og gjennomføring av satsinga. Fylkeskommunen og Sametinget er inviterte til å delta i dialog og samråd om dette. Kommunane, musea, dei frivillige organisasjonane og andre aktuelle instansar vil òg bli trekte med i prosessen.

Overføring av oppgåver og mynde vil skje i løpet av ein fireårsperiode; frå 2002 til utgangen av 2005. Kompetanseutvikling, bygging av nettverk og etablering av andre støttefunksjonar vil skje gradvis.

Arbeidsmål 1.4. I samarbeid med aktuelle partar ­leggje til rette for auka medvit i kommunane om ­verdien av og høvet til vidare bruk og ombruk ­framfor riving og utbygging.

Bygningane i landet med tilhøyrande infrastruktur representerer store samfunnsverdiar. Meir enn 40 % av landet sin realkapital er investert i bygningar og anlegg. På årsbasis er ca. 40 % av aktiviteten innanfor bygg- og anleggsverksemda knytt til eksisterande bygningsmasse, og bygg- og anleggsverksemda medverkar med ca. 40 % av den totale avfallsmengda i samfunnet. Det er ei utfordring å finne alternativ bruk for den eksisterande bygningsmassen m.a. for å redusere den totale avfallsmengda og energibruken, og utvikle metodar for vedlikehald, rehabilitering og gjenvinning. Gjennom kulturminna kan vi sikre og utvikle kunnskap, og på den måten medverke til å finne løysingar på nye problemstillingar og utfordringar i arbeidet med å utvikle eit berekraftig samfunn.

Riksantikvaren har saman med Byggforsk fått utarbeidd ein rapport om miljø- og ressursrekneskap for murgardar i byar (2000). Rapporten viser at rehabilitering er eit betre alternativ enn riving og nybygg for murgardar. Det er utvikla ein modell for gjennomføring av slike miljøanalysar. Modellen vil vere til stor nytte både for offentlege styresmakter og byggjebransjen. Riksantikvaren samarbeider med Statens bygningstekniske etat om å innarbeide kulturminneomsyn i byggjesaksdelen av plan- og bygningslova og i byggjeforskriftene.

Arbeidsmål 1.5. I samarbeid med andre sektorar utvikle verkemiddel (eksisterande og nye) for vern av kulturminne og kulturmiljø.

Det er utarbeidd oversikt over verkemiddel i andre sektorar som kan ha særleg effekt på vern av kulturminne. Innsamla materiale vil bli brukt i drøftingar om utvikling av verkemiddel med relevante sektorar, m.a. i arbeidet med sektorvise miljøhandlingsplanar. Det blir arbeidd med å etablere nettverk mellom sektorane og aktørar som er aktuelle i samband med kulturminneverdiane eller som har oppgåver knytte til kulturminneområdet. Formålet er betre samarbeid mellom partane. Nettverksbygginga skal medverke til å skape nye arenaer for kulturminnearbeidet og ein sterkare innsats for bruk og vern av kulturminnearven. Samarbeid og dialog med næringslivet, m.a. byggjebransjen, vil vere særleg aktuelt.

Arbeidsmål 2.1. Førebyggje og redusere inngrep i freda kulturminne.

Det blir arbeidd med å betre ajourhaldet og tilgjenget til dei kartbaserte elektroniske kulturminneregistra for å gi større tilgjenge til informasjon om kvar ein kan finne kulturminne og kulturmiljø, jf. 1.1. Kommunesatsinga innanfor kulturminneområdet vil styrkje arbeidet ved hjelp av meir kunnskap og større ansvar i kommunesektoren, jf. 1.3.

Arbeidsmål 2. 2. I samarbeid med m.a. lokale styresmakter og eigarar leggje til rette for å betre tilstanden for verneverdige kulturminne og kulturmiljø.

Det er utarbeidd oversikt over tilstanden for ein del nasjonalt viktige kulturminne. Oversikta skal oppdaterast løpande. Riksantikvaren utviklar eit system for registrering og overvaking av vedlikehaldstilstanden for freda bygningar og anlegg som grunnlag for fylkeskommunane sitt vernearbeid.

Arbeidsmål 2. 3. Følgje opp Noreg sine plikter i forhold til UNESCO sin verdsarvkonvensjon: gjennom forvaltninga av dei norske verdsarvområda og ved å medverke til betre representativitet i områda på verdsarvlista.

Det er fire norske verdsarvområde; Urnes stavkyrkje, Bryggen i Bergen, Røros Bergstad og bergkunsten i Alta. UNESCO sine retningslinjer fastset at det skal rapporterast om verdsarvområda sin tilstand og deira utvikling kvart 6. år. Alle dei fire områda er blitt evaluerte og det pågår arbeid med å følgje opp evalueringane. I 2000 starta eit stort prosjekt for istandsetjing av Bryggen i Bergen. Det blir ført vidare i 2002. Arbeid med istandsetjing i Røros Bergstad er ført vidare og det er gjennomført ei utgreiing om utviding av dette verdsarvområdet for å omfatte gruveområdet m.v. Det er sett i gang arbeid med ein forvaltningsplan for Urnes stavkyrkje. Vidare er det utarbeidd ein forvaltningsplan for bergkunsten i Alta. Det er sett i gang arbeid med å førebu nominasjonar til UNESCO si verdsarvliste. Arbeidet skje i samarbeid med aktuelle kommunar og fylke Aktuelle område er:

  • Vestnorsk fjordlandskap, Geirangerfjorden i Møre og Romsdal og Nærøyfjorden i Sogn og Fjordane og Hordaland

  • Nordnorsk skjergard, Vega i Nordland

  • Nordnorsk fjordlandskap, Hellemobotn i Nordland

Etter initiativ frå Vega kommune er det i første omgang sett i gang arbeid med Nordnorsk skjergard.

Prøveperioden for Det nordiske verdsarvkontoret i Oslo (Nordic World Heritage Office – NWHO) går ut i 2001 og kontoret har vore gjennom ei internasjonal evaluering. Evalueringa konkluderer med at kontoret bør etablerast på permanent basis og organiserast som ei stifting. Det er sett i gang forhandlingar med UNESCO med sikte på ei permanent etablering av kontoret i tråd med anbefalingane i evalueringa. Regjeringa vil komme tilbake til drifta av stiftinga når forhandlingane med UNESCO er nærare avklart.

Arbeidsmål 3.3 I samarbeid med aktuelle partar arbeide for at andre sektorar tek større ansvar for kulturminne knytt til eiga verksemd.

Det er sektorstyresmaktene som har ansvaret for å setje i stand og vedlikehalde kulturminne i offentleg eige. Dette følgjer av det miljøansvaret den enkelte sektor har for utviklinga på sitt om­rådet og som er grunnlaget for arbeidet med dei sektorvise miljøhandlingsplanane. Regjeringa arbeider for at omsynet til kulturminneverdiane får ein større plass i sektorstyresmaktene si utforming av politikken på ei rekkje område. I arbeidet med dei sektorvise miljøhandlingsplanane blir det lagt vekt på å få sektorane til å utvikle tiltak som kan fremje bevaring av sektorane sine eigne kulturminne.

Arbeidsmål 3.4. Gjennomføre fredingar i samsvar med sektorvise verneplanar.

I 2000 har det særleg vore satsa på å sluttføre fredingsarbeidet i tilknyting til Verneplan for fyr og Verneplan for NSB. Prosjekta blir avslutta i 2001. Då vil 83 fyr og 5 tåkeklokker og 50 NSB-anlegg vere freda.

Verkemiddel

Resultatområdet er planlagt finansiert med totalt 198,0 mill. kr i 2002 budsjettet. Finansieringa er i hovudsak dekt av Riksantikvaren si budsjettramme jf. kap. 1429, men òg kapitla 1400, 1401 og 1410 inneheld budsjettmidlar som medverkar til finansieringa av resultatområdet i 2002.

Dei viktigaste kulturminna og kulturmiljøa er sikra gjennom freding etter kulturminnelova. I arbeidet med å sikre verdifulle kulturlandskap og kulturmiljø er òg freding etter naturvernlova og bevaring etter plan- og bygningslova sentrale verkemiddel. Regjeringa ønskjer i større grad å bruke informasjon, kommunikasjon og lokal deltaking som eit viktig strategisk verkemiddel for å nå resultatmåla i resultatområde 3.

Ei heilskapleg og sektorovegripande kulturminneforvaltning føreset oversikt over kjente kulturminne og kulturmiljø. Det årlege tapet av kulturminne og kulturmiljø er utrekna til ca. 1 %. Dette skuldast både auka press på areala og fysiske inngrep, men òg mangel på kunnskap om kvar kulturminna finst. Det må bli lettare for kulturminneforvaltninga sjølv, for kommunane, andre sektorar, utbyggjarar, tiltakshavarar og for publikum å skaffe seg nøyaktige og oppdaterte opplysningar om kulturminne i eit planområde. Berre på det grunnlaget kan dei innrette seg etter dette tidleg i planprosessen og unngå dyre og tidkrevjande konfliktar. Kulturminnebasen som no blir utvikla, er eit moderne IT-basert planleggingsverktøy. Dette blir eit viktig verktøy for overvaking av tilstand, rapportering av miljøstatus og for å gi informasjon om kulturminne og kulturmiljø. Planleggingsverktøyet vil òg ha ein konfliktførebyggjande effekt og lette og effektivisere kulturminnestyresmaktene og kommunane sitt arbeid med plansaker.

Forvaltninga av kulturminne og kulturmiljø skjer i dag i stor grad innafor rammene av plan- og bygningslova. Det er derfor viktig å synleggjere og sikre kulturminneverdiane i arbeidet med utvikling av byar og tettstader, jf. resultatområde 9 Regional planlegging.

Det er behov for auka satsing på kulturminne og kulturmiljø både når det gjeld å utvide forvaltningsansvaret og auke den samfunnsmessige effekten. Vesentlege utfordringar vil vere knytte til kommunesatsinga og arbeidet med å styrkje lokalt medvit og lokalt engasjement, ei meir dynamisk forvaltning av kulturminne og kulturmiljø i byar og tettstader og kulturminne og kulturmiljø som ressursar for busetjing og næringsutvikling.

Satsinga krev kompetanseheving, større kunnskap om problema, større medvit om verdiane, nye arbeidsformer m.a. innan overvaking og utvikling av indikatorar og planleggingsmetodikk m.a. for strategiutvikling. Kunnskapen må nå svært mange og nye aktørar. Auka forskingsinnsats på området er ein føresetnad for å få til den satsinga som er politisk vedteken. I 2002 blir det sett ned ei arbeidsgruppe med representantar frå FoU-miljøa, forvaltninga, organisasjonane og næringslivet for å definere eit program for arbeidet.

Riksantikvaren koordinerer kulturminneforvaltninga sitt arbeid med forsking og utvikling (FoU). Utbygging av kontaktnett mot forskingsmiljø som universitet, høgskular og miljøinstitutta og oppbygging og sikring av forskingskompetanse er prioritert i FoU-arbeidet. Forskingsprogrammet «Landskap i endring» blir støtta gjennom Noregs forskingsråd.

Internasjonalt samarbeid om bevaring av kulturminne og kulturmiljø skjer gjennom nordiske fora, i norsk-russisk samarbeid, innan Europarådet, EU/EØS-systemet og innanfor UNESCO. I oppfølging av internasjonale avtaler og konvensjonar blir det lagt vekt på tiltak som styrkjer kulturminna sine kunnskaps-, opplevings- og bruksverdiar.

Noreg underteikna den europeiske landskapskonvensjonen i oktober 2000. Det pågår ei nasjonal og nordisk oppfølging av konvensjonen der Noreg har ansvaret for eit felles nordisk prosjekt, jf. arbeidsmål 7.3 under resultatområde 1. Det nordiske verdsarvkontoret i Oslo (Nordic World Heritage Office – NWHO) har som mål m.a. å støtte implementeringa av UNESCO sin verdsarvkonvensjon (World Heritage Convention) av 1972 og kontoret har m.a. gitt bistand til land i Afrika i samband med nominasjonar av område til UNESCO si verdsarvliste og har vore med å utvikle modellar for berekraftig forvaltning av kulturminne jf. arbeidsmål 2.3.

Riksantikvaren er fagsenter for kulturminneforvaltning i bistandsarbeidet og skal i samarbeid med NORAD syte for at kulturminneinteressene blir ivaretekne i norske bistandsprosjekt. Ein viser elles til omtale under resultatområde 8.

1. januar 2001 vart det etablert ei eiga avdeling for kulturminneforvaltning i Miljøverndepartementet. Avdelinga vart oppretta ved omdisponering av midlar på departementet sitt budsjett. Den nye avdelinga vil medverke til eit sterkare strategisk grep og auka fokus på dei utfordringane som ligg på feltet. Etableringa må òg sjåast som ein integrert del av regjeringa si oppfølging av den auka innsatsen Stortinget har bedt om, jf omtalen nedanfor.

Auka satsing på kulturminne

Stortinget har tidlegare bedt Regjeringa om ein eigen opptrappingsplan for kulturminnevernet, om forslag til betra støtteordningar og incitament for å sikre eit betre og meir effektivt vern og om at det blir oppretta eit eige kulturminnefond . I Miljøverndepartementet sin budsjettproposisjon for 2001 er det gjort greie for vidare behandling av desse forslaga. Etter at budsjettet for 2001 vart lagt fram, er det i samband med Stortinget si behandling av ulike saker, i tillegg gjort fleire nye vedtak som har stor innverknad på arbeidet med ein samla opptrappingsplan for kulturminnefeltet. Dette gjeld:

  • St.meld. nr. 14 (2000-2001) Børs og katedral. Om økonomien i Den norske kyrkja, jf. Innst. S. nr. 187 (2000-2001).

  • Dok. 8:52 (2000-2001) Om Opprettelse av fond for bevaring av festninger og andre militærhistoriske bygninger

  • Regjeringa har i samband med at stortingsmeldinga om fyrvesenet (St.meld. nr. 28 (2000-2001) Fyrstasjonene – posisjon og betydning i en moderne navigasjonsinfrastruktur) vart framlagt, varsla ei utgreiing om alternative forvaltningsformer for freda, ikkje aktive fyrstasjonar.

  • St.meld. nr. 31 (2000-2001) Kommune, fylke, stat – en bedre oppgavefordeling.

Regjeringa meiner dette understrekar behovet for ei heilskapleg tilnærming der dei ulike tiltaka blir sett i samanheng. Regjeringa ønskjer derfor å leggje til rette for ei opptrapping av kulturminnefeltet gjennom ei auka satsing i fleire dimensjonar og der dei ulike tiltaka blir fasa inn over tid. Viktige komponentar i ein styrkt innsats vil vere konkrete vernetiltak, utvikling av politikk og verkemiddel, kompetanseoppbygging og reformering av forvaltningsapparatet. Enkelte tiltak er klare for gjennomføring, mens andre må utgreiast ytterlegare før dei blir sette i verk. Miljøverndepartementet deltek i samarbeid med dei aktuelle departementa i oppfølginga av vedtaka som er nemnde ovanfor. Dette arbeidet vil òg ha positive verknader for ei opptrapping av innsatsen på kulturminnefeltet. Regjeringa viser elles til utgreiingar i Stortingsmelding om oppmodings- og utgreiingsvedtak som blir fremja hausten 2001.

Kulturminneutvalet, som m a. skal utgreie mål, strategiar og verkemiddel i kulturminneforvaltninga, skal gi si innstilling i desember 2001. Utvalet skal særleg sjå på nye økonomiske verkemiddel og incitament i vernearbeidet og byrdefordelinga mellom det offentlege og private eigarar. Regjeringa meiner det er viktig å unngå ein situasjon der det blir gjennomført tiltak som kan vanskeleggjere ei god og effektiv oppfølging av utvalet sin rapport.

Regjeringa sitt arbeid med opptrappingsplanen i 2002 kan grupperast i tre viktige område:

  1. Felles innsats for kulturarven gjennom spleiselag og partnarskap mellom offentlege og private aktørar der både næringsliv og private organisasjonar blir aktivt trekte med. Satsinga vil bestå av fleire element.

  2. Større lokalt engasjement og lokal innsats ved å styrkje kommunesektoren som forvaltningsnivå innan kulturminneområdet gjennom meir ansvar og makt.

  3. Større fokus på landskap og landsskapsspørsmål.

Til pkt. 1. Partnarskap mellom det offentlege og ­private aktørar

Regjeringa vil arbeide for eit samarbeid mellom det offentlege og næringslivet i kulturminnearbeidet for å utløyse meir satsing på dette området. Regjeringa meiner at eit slikt samarbeid samla sett vil gi auka ressursar til kulturminnevernet.

Regjeringa vil i denne samanhengen komme tilbake med forslag i høve til kulturminnefond. I fleire europeiske land har ein valt ulike modellar for å etablere fond for kulturminneføremål. For å få best mogleg effekt av ei slik ordning, meiner Regjeringa at ein bør arbeide noko meir med ulike modellar for utløysing av privat kapital før forslag blir fremja. For å vinne erfaring med samarbeid mellom offentlege og private, føreslår Regjeringa ei tilskotsordning på 10 mill. kr i statsbudsjettet for 2002, som skal nyttast til å finansiere kulturminneprosjekt gjennom samarbeid mellom det offentlege og næringslivet. Tilskotsordninga blir etablert som ei førebels ordning over 3 år, m.a. for å teste ut kor mykje private midlar og frivillig innsats dette kan utløyse.

Kulturminneutvalet vil òg komme med forslag om korleis ein best mogeleg kan få til eit dynamisk samspel mellom offentlege og private aktørar. Regjeringa meiner det vil vere føremålstenleg å avvente forslaga frå utvalet før det blir fremja eit gjennomarbeidd forslag om korleis kulturminnevernet kan finansierast på ein robust og framtidsretta måte.

Forvaltning av kulturhistorisk viktige eigedomar i statleg eige

Det er òg eit stort etterslep når det gjeld vedlikehald av viktige kulturhistoriske bygningane som staten eig. Regjeringa har derfor vedteke å setje i gang eit arbeid som skal medverke til ny politikk for statleg eigarskap og forvaltning av kulturhistorisk viktige eigedommar. Innafor ramma av dette arbeidet vil det m.a. bli vurdert ulike modellar for forvalting og drift av kulturhistoriske eigedommar som kan fungere i eit langsiktig perspektiv.

Til pkt. 2. Styrkje kommunesektoren som ­forvaltningsnivå.

Gjennom programmet for fornying av offentleg sektor og oppfølging av St.meld. nr. 31 (2000-2001) Kommune, fylke, stat – en bedre oppgavefordeling ønskjer regjeringa å desentralisere oppgåver og mynde til kommunar og fylkeskommunar.

Å overføre meir ansvar og mynde til kommunesektoren på kulturminneområdet er ein del av arbeidet med å modernisere offentleg forvaltning og styrkje lokaldemokratiet. Det er òg eit ledd i arbeidet med å auke innsatsen for kulturarven. For å få til ei god og heilskapleg forvaltning av kulturminna, må det takast ansvar på lokalt nivå, og det må handlast lokalt. Målet er både å styrkje miljøarbeidet, der kulturminna er ein viktig del, og å styrkje lokaldemokratiet.

Oppgåvene på kulturminneområdet må delast mellom stat, fylkesnivå og kommune, slik at mynde og ansvar blir plassert der det fungerer best. Ved vurdering av kva for oppgåver kommunesektoren skal løyse, bør det bli teke omsyn til at det i enkelte tilfelle kan vere kostnadseffektivt og føremålstenleg å nytte nasjonale verkemiddel overfor miljøutfordringar av lokal karakter, i høve til eventuelle internasjonale plikter og til kva som vil vere ei effektiv og nyttig ansvarsdeling.

Til pkt. 3. Større fokus på landskap og landskapsspørsmål.

Det blir arbeidd med ein landskapsstrategi for miljøvernforvaltninga sitt arbeid med landskap som blir lagt fram hausten 2001. Dette arbeidet går parallelt med norsk implementering av den europeiske landskapskonvensjonen. Konvensjonen tek sikte på å fremje vern, forvaltning og planlegging av landskap og auke medvitet rundt landskap og landskapsspørsmål. Landskapssatsinga er kopla opp mot eit nordisk samarbeid på landskapsfeltet der Noreg har fått ansvaret for eit større nordisk prosjekt for oppfølging av landskapskonvensjonen. Arbeidet er finansiert gjennom midlar frå Nordisk Råd.

12 Resultatområde 4: Overgjødsling og oljeforureining

Definisjon og avgrensing

Utslepp av partiklar, næringssalt og olje kan føre til skadar på økosystemet. Store utslepp av partiklar og næringssalt kan føre til nedslamming og overgjødsling (eutrofipåverknad). Dette medfører dårleg vasskvalitet både i ferskvatn og saltvatn, som igjen kan føre til fiskedød, tap av biologisk mangfald, redusert rekreasjonsverdi knytt til bading og anna friluftsliv, og gjere vatnet mindre eigna for bruk til drikkevatn, fiskeoppdrett, vatning av jordbruksareal m.m. Utslepp av olje og kjemikaliar kan skade organismar og økosystem i havet, på sjøbotnen, i strandsona og i jordsmonnet. Dei viktigaste effektane er at vatnet blir giftig for organismar, hinder av opptak av livsviktige gassar og næringsstoff og tap av isolerande og vassavstøytande eigenskapar hos fuglar. Resultatområdet omfattar arbeidet med å førebyggje og redusere utsleppa av partiklar, næringssalt (nitrogen og fosfor) og olje til vassførekomstane. Beredskap mot akutt forureining frå olje- og kjemikal er òg dekt av dette resultatområdet. Utsleppa av næringssalt og partiklar kjem i hovudsak frå kommunale avløp, landbruk, fiskeoppdrett og industri. Utsleppa av olje kjem frå landbasert verksemd, skipsfart og petroleumsverksemd. Resultatområdet omfattar internasjonalt havmiljøarbeid, slik som oppfølging av m.a. Nordsjø-deklarasjonane, OSPAR-konvensjonen, London-konvensjonen og konvensjonar innan FN sin skipsfartsorganisasjon (IMO), så vel som relevante EU-direktiv.

Strategisk mål

Det skal sikrast ein vasskvalitet i førekomstar av ferskvatn og i marine område som medverkar til å halde oppe arter og økosystem, og som ivaretek omsynet til helse og trivsel for menneska.

Tabell 12.1 Mål- og indikatortabell for resultatområde 4 Overgjødsling og oljeforureining.

Nasjonale resultatmål

Miljøvernforvaltninga sine arbeidsmål

Resultatindikatorar

1. Utsleppa av næringssalta fosfor og nitrogen til eutrofi-påverka delar av Nordsjøen skal vere redusert med om lag 50 % innan 2005 rekna frå 1985.

Utslepp frå kommunal avløpssektor skal vere i samsvar med krava i EU sitt avløpsdirektiv.

– Talet på anlegg med gjennomført primær-, sekundær- og tertiær reinsing blir vurdert mot talet på anlegg som skal ha dei ulike reinsetypane.

2. Operasjonelle utslepp av olje skal ikkje medføre uakseptabel helse- eller miljøskade. Risikoen for miljøskade og andre ulemper som følgje av akutt forureining skal liggje på eit akseptabelt nivå.

2.1. For nye felt skal det som hovudregel etablerast løysingar som inneber 0-utslepp, og for eksisterande felt skal det innan 2005 etablerast løysingar for 0-utslepp eller minimale operasjonelle utslepp av miljøskadelege sambindingar til sjø frå petroleumsverksemda.

2.2. Utslepp av olje frå skipsfarten skal reduserast innan utgangen av 2005.

2.3. Det skal til ei kvar tid vere eit akseptabelt beredskapsnivå sett i forhold til risikoen for akutt forureining.

– Mengd utslepp av olje i vatn frå petroleumsverksemda.

– Talet på og mengd akutte utslepp av olje frå petroleumsverksemd, skip og landbaserte utslepp.

– Talet på godkjende private og kommunale beredskapsplanar.

– Talet på vrak som medfører fare for miljøskade som følgje av mogleg akutte utslepp.

Nasjonale resultatmål, miljøvernforvaltninga sine arbeidsmål og resultatindikatorar og ­statusbeskriving

Statusbeskriving

Arbeidsmål 1.1. Utslepp frå kommunal avløpssektor skal vere i samsvar med krava i EU sitt avløpsdirektiv.

Miljøverndepartementet har bede SFT utarbeide forslag til ei sjølvberande forskrift, der EU sitt avløpsdirektiv blir lagt til grunn. Kommunane blir oppmoda til å setje i gang førebuingar til å gjennomføre tiltak i tråd med direktivet så raskt som mogleg, slik at dei er førebudde på krava som vil bli stilte i den nye forskrifta. Kommunane må i første omgang skaffe fram nødvendig dokumentasjon for å avklare kva ytterlegare tiltak som må gjennomførast ved dei ulike anlegga for å nå krava i direktivet.

Arbeidsmål 2.1. For nye felt skal det som hovudregel etablerast løysingar som inneber 0-utslepp, og for eksisterande felt skal det innan 2005 etablerast ­løysingar for 0-utslepp eller minimale operasjonelle utslepp av miljøskadelege sambindingar til sjø frå petroleumsverksemda.

Det vart i 2000 registrert utslepp på til saman 2 738 tonn olje saman med det produserte vatnet frå operasjonelle utslepp frå petroleumsverksemda. Dei siste åra har det vore ein årleg auke på ca. 10 % i slike utslepp. I 2000 var dei totale operasjonelle utsleppa av offshorekjemikaliar på 203 908 tonn. På oppdrag frå SFT har operatørselskapa utgreidd moglege tiltak for å redusere utsleppa til sjø frå kvar enkelt installasjon. På bakgrunn av dette har styresmaktene lagt opp ein strategi for å følgje opp operatørane sitt arbeid for å nå null miljøskadelege utslepp ved boring/brønnoperasjonar, produksjon og rørleidningar. Resultata blir rapporterte til SFT som ein del av selskapa sine årlege utsleppsrapportar. I tillegg vil SFT følgje opp arbeidet ved gjennomføring av tilsyn.

Arbeidsmål 2.2. Skipsfarten sine utslepp av olje skal reduserast innan utgangen av 2005.

Det er dei ulovlege utsleppa frå skipsfarten som utgjer hovudutfordringane. Gjennom SFT sitt system for overvaking vart det identifisert 64 ulovlege utslepp frå skip i år 2000 som i mengd er rekna til å vere 272 m. I 2000 var det to skipsulykker i norsk område som ga større akutte utslepp av olje. Fryseskipet «Green Ålesund» havarerte den 15. desember 2000 i Bleivik nord for Haugesund, (utslepp 140 m) mens lasteskipet «John R» havarerte den 25. desember 2000 ved Kvitvær nord for Tromsø. Havaria førte til at det vart sett i gang svært omfattande oppryddingsaksjonar for å avgrense forureininga av nærområda.

Arbeidsmål 2.3. Det skal til ei kvar tid vere eit ­akseptabelt beredskapsnivå sett i forhold til risikoen for miljøskade og andre ulemper som følgje av akutt forureining.

Havaria av «Green Ålesund» og «John R» har starta ein brei debatt om tryggleiken og beredskapen langs kysten. Dette har aktualisert behovet for ein gjennomgang av aktuelle tiltak, både strakstiltak og tiltak av meir langsiktig karakter, for å førebyggje ulykker. Regjeringa la i juni 2001 fram ein eigen handlingsplan for større tryggleik og beredskap langs kysten, jf. omtale under kap 2 Hovudutfordringar og hovudelement i miljøvernpolitikken.

Miljøverndepartementet er ansvarleg departement for beredskapen mot akutt forureining. Ein miljørisiko- og beredskapsanalyse utarbeidd av Statens forureiningstilsyn (SFT), og skipshavaria sist vinter, viser at dagens statlege oljevernberedskap bør styrkjast. Det blir føreslått auka løyvingar til kjøp av nytt og vedlikehald av eksisterande oljevernutstyr til dei statlege depota, og noko av dette utstyret vil bli plassert ved enkelte kommunale depot. SFT har òg vurdert høvet til å effektivisere og styrkje det statlege oljevernet gjennom ei endra lokalisering av dei 15 statlege oljeverndepota langs kysten. Basert på vurderingar frå SFT og høyringsuttaler til desse vil Regjeringa halde fast ved hovudstrukturen. Plasseringa av enkelte depot på Vestlandet bør likevel endrast av omsyn til betre effektivitet, kortare responstid og samordning med private og kommunale ressursar. Dette gjeld Fedje-depotet som bør nedleggjast og flyttast til Florø, og depotet i Bergen som bør flyttast nordover i Hjeltefjorden.

Vidare er føreslått auka løyving til kurs og øvingar med spesiell vekt på nordområda. Det vil m.a. bli gjennomført øvingar der både den statlege, private og kommunale beredskapen deltek.

Alle operatørselskapa på norsk sokkel må etablere ein akseptabel beredskap mot akutt forureining basert på miljø- og risikoanalyse før oppstart av leite- og produksjonsverksemd. På landsida har ca. 60 bedrifter godkjende beredskapsplanar. Alle høgrisikobedrifter er dekte. Kommunane ivaretek sitt beredskapsansvar gjennom interkommunalt samarbeid, og landet er inndelt i 34 interkommunale samarbeidsregionar. 33 av desse har i dag godkjende beredskapsplanar.

Regjeringa vil gjennomgå organiseringa av oljevernberedskapen for å få til ei betre utnytting og samordning av dei private og statlege beredskapsressursane i høve til større tilfelle av akutt forureining, under dette også skipsfartsnæringa sine ressursar.

Nærare 2600 skipsvrak er kartlagde for å vurdere risikoen for miljøskade som følgje av akutte oljeutslepp. Av desse har ein meint at ca. 30 representerer høg risiko for oljeforureining langs norskekysten. Alle dei seks vraka med høgast risiko vart undersøkt nærare i perioden 1999 og 2000. Undersøkingane viste store oljemengder i «Erich Giese», som ligg i Narvik, og i «Boardale», som ligg i Bø i Vesterålen, mens det var lite eller svært små oljemengder i dei andre. Statens forureiningstilsyn anbefaler ikkje at desse to vraka blir tømde for olje. Tilsynet legg vekt på at kostnadene ved tømmeoperasjonane er for store i forhold til forventa miljøvinst. Det er liten fare for større utslepp frå desse vraka, og oljen som er om bord er av ein forholdsvis lett type som delvis vil brytast ned i vatnet før den når overflata. I 2001 er fleire skipsvrak fjerna. Både skipsvraka Green Ålesund, som låg utanfor Haugesund, og Boiky, som låg utanfor Skogsøya i Vesterålen, er fjerna. Det er i 2001 gitt tilsegn om økonomisk støtte til å fjerne skipsvraket M/S Hedlo, som ligg utanfor Karmøy. Ei rekkje vrak med kjemiske stridsmiddel vart dumpa i Norskerenna søraust for Arendal etter 2. verdskrigen. I 1989 gjennomførte Forsvarets forskingsinstitutt ei undersøking av fem av desse vraka. Konklusjonen var den gongen at det er lite truleg at dumpefeltet utgjer ein alvorleg trussel for akutt forureining langs kysten, men at situasjonen bør overvakast jamleg. Regjeringa meiner at det for 2002 bør prioriterast ei ny undersøking av dei same fem vraka som vart undersøkte for 12 år sidan, for å følgje utviklinga og betre kunnskapsgrunnlaget.

Verkemiddel

Resultatområdet er planlagt finansiert med totalt 193,5 mill. kr over Miljøverndepartementet sitt budsjett for 2002. Finansieringa er i hovudsak dekt over Statens forureiningstilsyn si budsjettramme, jf. kap. 1441 og 1443, men òg kap. 1400 og 1410 inneheld budsjettmidlar som skal medverke til finansiering av resultatområdet i 2002. Gjennom lov om kommunale vass- og kloakkavgifter, med tilhøyrande forskrift, er kommunen gitt høve til å dekkje sine kostnader på avløpssektoren gjennom gebyr.

Innan kommunal avløpssektor og fiskeoppdrett blir det nytta utsleppsløyve/pålegg om reinsing, i medhald av forureiningslova, og bruk av forureiningsgebyr for å sikre gjennomføring av pålegga. Avrenning frå landbruket er regulert av miljøvernstyresmaktene m.a. gjennom forskrifter om husdyr­gjødsel, bakkeplanering og silopressaft. Den som driv verksemd som kan medføre akutt forureining skal i medhald av forureiningslova ha ein tilfredsstillande beredskap. Den offentlege beredskapen (kommunal og statleg) er derfor i prinsippet eit supplement til den private beredskapen. I praksis handterer likevel den statlege beredskapen, under leiing av Statens forureiningstilsyn, akutte oljeutslepp frå skipsfarten.

Beredskapen for petroleumsverksemda er basert på miljøvernstyresmaktene sitt felles regelverk med tryggleiksstyresmaktene (Oljedirektoratet og Statens helsetilsyn). Internkontroll, som òg omfattar beredskap, er gjennomført hos alle operatør­selskap. Operasjonelle utslepp til sjø frå petroleumsverksemda er regulert gjennom forureiningslova, mens sjødugleikslova regulerer utslepp frå skip. I arbeidet med å redusere operasjonelle utslepp frå petroleumsverksemda er det oppfølging av null utslepp-målet frå St.meld. nr. 58 (1996-97) som er viktigast. I det internasjonale arbeidet på området vedtok OSPAR (konvensjonen om vern av det marine miljø i det Nordøstlege Atlanterhav) i 2001 eit nytt regelverk som regulerer utslepp av produsert vatn frå installasjonar offshore. I 1998 vart Nordsjøen oppretta som spesielt område under MARPOL 73/78-konvensjonen sitt vedlegg om olje­forureining frå skip. Dette inneber strengare utsleppskrav enn dei generelle reglane for ut­slepp av olje frå skip. FN sin skipsfartsorganisasjon (IMO) arbeider no med ein revisjon av det generelle MARPOL-regelverket, både med sikte på forenkling og eventuell skjerping. Parallelt med IMO-prosessen arbeider EU med ei skjerping og utviding av sitt regelverk med sikte på å redusere risikoen for ulykker i framtida som ledd i ei oppfølging av Erika-ulykka utanfor Frankrike.

EU sitt rammedirektiv for forvaltning av vassressursar stiller krav til ei heilskapleg forvaltning og at det skal arbeidast ut miljømål for vassdrag og sjøområde på tvers av kommune- og fylkesgrenser. Ei konsekvensvurdering av direktivet vil bli send på høyring årsskiftet 2001/02. Direktivet vil få følgjer for store delar av norsk vassforvaltning. For å prøve ut modellar for forvaltning, bruk av verkemiddel m.v. skal det gjennomførast 2 til 3 pilotprosjekt. Det blir sett av midlar på kap. 1441 post 65 til tilskot for å betre vassmiljøet i Noreg. Tilskotsposten vil særleg bli nytta opp mot prosjekt i samband med rammedirektivet for vatn. Morsa-prosjektet, som har som hovudføremål å betre vasskvaliteten i Hobøl-Vansjøvassdraget i Akershus og Østfold, vil bli omfatta av tilskotsposten. I samband med rammedirektivet for vatn er det viktig at kommunane fastset miljømål for sine vassførekomstar. Føremålet med å fastsetje miljømål er å gi kommunane betre oversikt over tilstand og bruk av eigne vassførekomstar, å stimulere til auka lokal interesse, engasjement og aktivitet innan forvaltninga av vassressursar, og å få ein god styringsreiskap for langsiktig planlegging, forvaltning og prioritering av tiltak.

Det er brei semje om at kunnskapsgrunnlaget om moglege langtidsverknader av utslepp til sjø frå petroleumsverksemda ikkje er tilstrekkeleg, og at den forskings- og overvakingsinnsatsen som blir gjort av industrien og forvaltninga på området bør organiserast på ein meir rasjonell måte enn i dag. I samarbeid med Miljøverndepartementet og Fiskeridepartementet har Noregs forskingsråd på oppdrag frå Olje- og energidepartementet laga eit forslag til forskingsprogram for å samordne og auke innsatsen for å betre kunnskapsgrunnlaget om langtidseffektar av utslepp til sjø, primært av kjemikaliar og produsert vatn. Den 5. internasjonale ministerkonferansen om vern av miljøet i Nordsjøen (Nordsjøkonferansen) skal haldast i Bergen 20.- 21 mars 2002. Miljøverndepartementet har ansvaret for førebuingane til konferansen. Det vil bli utarbeidd ein statusrapport om oppfølging frå tidlegare Nordsjøkonferansar, og vedteke ei ministererklæring frå møtet.

Informasjonstiltak er eit verkemiddel departementet vil ta i bruk for å nå måla under resultatområde 4.

13 Resultatområde 5: Helse- og ­miljøfarlege kjemikaliar

Definisjon og avgrensing

Kjemikaliar finst i alle produkt og inngår i dei fleste industriprosessar. Ei rekkje av kjemikaliane kan skade menneske og/eller miljø. Dei farlegaste kjemikaliane, som f.eks. PCB og dioksin, kan vere årsak til skadar sjølv i små konsentrasjonar. Helse- og miljøfarlege kjemikaliar (f.eks. ftalat i plast og azofargestoff i tekstil) kan framkalle sjukdommar som kreft eller allergiar, og skade forplantningsevna eller arvestoffet. Fleire kjemikaliar (miljøgiftene) blir brotne ned svært langsamt og hopar seg opp i næringskjedene, noko som kan representere eit alvorleg trugsmål mot det biologiske mangfaldet, matforsyninga og helsa for kommande generasjonar.

Resultatområdet omfattar arbeidet med å førebyggje og redusere bruk og utslepp av miljøgifter og andre helse- og miljøfarlege kjemikaliar til jord, luft og vatn. Utsleppa av slike kjemikaliar kjem frå produksjon av råstoff og ferdigvarer i industrien, frå bruk av produkt (f.eks. vaskemiddel, måling, batteri og tekstil) i hushalda og i næringslivet, og frå transport- og landbrukssektoren. I tillegg omfattar resultatområdet forureining årsaka av verksemd i tidlegare tider, feilaktig disponering av avfall og nedlagde gruver. Resultatområdet omfattar òg internasjonalt arbeid, m.a. oppfølginga av OSPAR-konvensjonen, Nordsjø-deklarasjonane og miljøgiftprotokollar under FN sin økonomiske kommisjon for Europa (ECE) og FN sitt miljøprogram UNEP. Kjemikaliar som bryt ned ozon, drivhusgassar og kjemikaliar som medfører grenseoverskridande og lokale luftforureiningar er dekte under resultatområde 7 Klimaendringar, luftforureining og støy.

Strategisk mål

Utslepp og bruk av helse- og miljøfarlege kjemikaliar skal ikkje føre til helseskadar eller skadar på naturen si evne til produksjon og sjølvfornying. Konsentrasjonane av dei farlegaste kjemikaliane i miljøet skal bringast ned mot bakgrunnsnivået for naturleg førekommande stoff, og tilnærma null for menneskeskapte sambindingar.

Tabell 13.1 Mål- og indikatortabell for resultatområde 5 Helse – og miljøfarlege kjemikaliar.

Nasjonale resultatmål:

Miljøvernforvaltninga sine arbeidsmål:

Miljøvernforvaltninga sine resultatindikatorar:

1. Utslepp av enkelte miljøgifter (jf. prioritetslista i tabell 13.2) skal stansast eller reduserast vesentleg innan år 2000, 2005 og 2010.

1.1. For dei bruksområda som fell innanfor miljøvernforvaltninga sitt ansvarsområde1), sikre stans eller reduksjon i utslepp av kjemikaliane på lista i samsvar med fristane i det nasjonale målet.

– Sjå statusbeskriving for arbeidsmål 1.1.

2. Utslepp og bruk av kjemikaliar som utgjer eit alvorleg trugsmål mot helse og miljø skal kontinuerleg reduserast med det mål å stanse utsleppa innan ein generasjon (25 år, dvs. ca 2020).

2.1. Målet skal operasjonaliserast nærare gjennom m.a. internasjonalt arbeid.

– Målet må operasjonaliserast nærare før resultatindikatorar kan utformast.

3. Risikoen for at utslepp og bruk av kjemikaliar blir årsak til skade på helse og miljø skal reduserast vesentleg.

3.1. For dei kjemikaliar og bruksområde som fell innanfor miljøvernforvaltninga sitt ansvarsområde1), sikre vesentleg reduksjon i risikoen for at utslepp og bruk fører til skade på helse og miljø.

– Sjå statusbeskriving for arbeidsmål 3.1.

4. Forureina grunn, vatn og sediment som skriv seg frå verksemd i tidlegare tider, feildisponering av avfall og liknande, skal ikkje medføre fare for alvorlege forureiningsproblem.

4.1. Miljøvernstyresmaktene skal sjå til at dei ansvarlege sikrar at forureina grunn som skriv seg frå verksemd i tidlegare tider ikkje medfører fare for spreiing av alvorleg forureining eller helseskade.

– Sjå statusbeskriving for arbeidsmål 4.1.

1) Miljøvernstyresmaktene har ansvaret for den påverknad kjemikaliar har på miljøet generelt. I tillegg har miljøvernstyresmaktene ansvaret for den påverknad kjemikaliar har på forbrukarane si helse, mens påverknad på arbeidstakarane si helse er arbeidsstyresmaktene sitt ansvar. Miljøvernstyresmaktene sitt ansvar er vidare avgrensa i forhold til kjemikaliane sine bruksområde. Eksempel på bruksområde som fell utanfor miljøvernstyresmaktene sitt ansvarsområde er plantevernmiddel, legemiddel, veterinærprodukt, kosmetikk, næringsmiddel og ei rekkje bekjempingsmiddel. Endeleg er òg ansvaret avgrensa i forhold til enkelte eigenskapar ved kjemikaliar. Brann- og eksplosjonsfare knytt til kjemikaliar fell utanfor miljøvernstyresmaktene sitt ansvarsområde.

Nasjonale resultatmål, miljøvernforvaltninga sine arbeidsmål, resultatindikatorar og statusbeskriving

Statusbeskriving

Arbeidsmål 1.1. For dei bruksområde som fell innanfor miljøvernforvaltninga sitt ansvarsområde, sikre stans eller reduksjon i utslepp av kjemikaliane på prioritetslista i samsvar med fristane i det nasjonale målet.

Arbeidsmål 1 omfattar eit tjuetal miljøgifter som utgjer særlege helse- og miljøproblem i Noreg, som det er inngått internasjonale avtaler om, og som derfor er oppførte på prioritetslista, jf. tabell 13.2. I følgje målet skal utsleppa av stoffa på den første delen av lista vere vesentleg reduserte innan 2000 i forhold til nivået i 1995, og målet er å stanse dei heilt innan 2005. Utsleppa av dei andre miljøgiftene på lista skal reduserast vesentleg innan 2010.

Dei samla utsleppa av alle miljøgiftene på prioritetslista er reduserte frå 1995 til i dag. Utsleppa av miljøgiftene på den første delen av lista er vesentleg reduserte i tråd med målet. Målsetjinga var at all bruk av stoffgruppene nonylfenol, nonylfenoletoksilat, oktylfenol og oktylfenoletoksilat (alkylfenol) skulle vere stansa innan år 2000, men undersøkingar viser at dei framleis var i bruk dette året. Sjølv om det hadde vore ein vesentleg nedgang frå 1995 då måla vart fastsette, vil Regjeringa derfor ta i bruk strenge reguleringar av desse stoffa, jf. omtala av verkemiddel. Vidare viser det seg at spesialavfall i form av PCB frå isolerglasruter i svært lita grad blir handtert lovleg og forsvarleg. Det er derfor sett i gang ei rekkje strakstiltak for å auke innleveringa av dette spesialavfallet, jf. omtale under resultatområde 6, resultatmål 3, og det blir føreslått ei særskilt tilskotsordning til dette, jf. omtale under kap 1441 post 77.

Tabell 13.2 Liste over prioriterte kjemikaliar som er omfatta av det nasjonale resultatmål 1 ­(Prioritetslista).

Reduserast vesentleg innan 2000 og blir søkt stansa innan 2005:

Reduserast vesentleg seinast innan 2010:

Høgklorerte, kortkjeda parafin

Brommerte flammehemmarar

PCB

1,2 Dikloretan (EDC)

Pentaklorfenol

Dioksin og furan

Nonylfenol og nonylfenoletoksilat*

Heksaklorbenzen

Oktylfenol og oktylfenoletoksilat*

Klorerte alkyl benzen (KAB)

Enkelte tensid

Muskxylen

Tetrakloreten (PER)

Triklorbenzen

Trikloreten (TRI)

PAH

Tributyltinnsambindingar

Trifenyltinnsambindingar

Bly

Kadmium

Koppar

Kvikksølv

* stansast innan 2000

Krom

Arbeidsmål 2.1 Utslepp og bruk av kjemikaliar som utgjer eit alvorleg trugsmål mot helse og miljø skal kontinuerleg reduserast med det mål å stanse utsleppa innan ein generasjon.

Noreg har slutta seg til det internasjonale generasjonsmålet for miljøgifter. Målet inneber at utslepp og bruk av kjemikaliar som utgjer eit alvorleg trugsmål mot helse og miljø skal stansast innan ein generasjon (25 år frå 1995 då målet vart vedteke, dvs. innan 2020). Stoffa som er omfatta av generasjonsmålet er dei som er giftige, persistente og som kan bioakkumulerast. Målet er nedfelt i ministererklæringa frå den fjerde Nordsjøkonferansen i 1995 og i OSPAR sin miljøgiftstrategi. Eit liknande mål har òg blitt vedteke i det nye EU-direktivet om vassressursar, og målet blir dermed omfatta av EØS-regelverket. Første heilskaplege vurdering av kor langt måla er nådd i forhold til generasjonsmålet vil finne stad i samband med den 5. Nordsjøkonferansen i Bergen i mars 2002.

Arbeidsmål 3.1. For dei kjemikaliar og bruksområde som fell innanfor miljøvernforvaltninga sitt ansvarsområde, sikre vesentleg reduksjon i risikoen for at utslepp og bruk fører til skade på helse og miljø.

Arbeidsmålet er retta mot det førebyggjande arbeidet med å hindre helse- og miljøskade frå kjemikaliar, og inneber at stadig mindre helse- og miljøfarlege kjemikaliar skal inngå i produksjon, produkt og avfall, og at kjemikaliar skal nyttast på ein måte som reduserer faren for helse- og miljøskade til eit minimum. Når helse- og miljøfarlege kjemikaliar først inngår i produkt, krevst ofte ei spesiell behandling av produktet i avfallsfasen. Alle produkt som inneheld ei viss mengd helse- og miljøfarlege kjemikaliar blir spesialavfall når dei blir tekne ut av bruk. Det er eit mål at slikt avfall skal takast forsvarleg hand om, jf. omtalen av resultatområde 6 resultatmål 3. Det er ikkje utvikla ein heilskapleg kjemikaliestatistikk som omtalar utviklinga i risikoen knytt til bruk og utslepp av kjemikaliar, men omfanget av bruken av kjemikaliar som er klassifiserte som helse- eller miljøfarlege er ein indikasjon for utviklinga av risiko knytt til bruk og utslepp av kjemikaliar. Omfanget av bruken av slike kjemikaliar er ikkje vesentleg endra frå 1999 til 2000.

Arbeidsmål 4.1. Miljøvernstyresmaktene skal sjå til at dei ansvarlege sikrar at forureina grunn som skriv seg frå verksemd i tidlegare tider ikkje medfører fare for spreiing av alvorleg forureining eller helseskade.

Miljøverndepartementet sin strategi for arbeidet med forureina grunn vart skissert i St.prp. nr. 1 (1999-2000). Av dei om lag 100 stadene som vart angitt i St.meld. nr. 8 (1999-2000) med behov for snarlege tiltak, er det gjennomført nødvendige tiltak ved 9. Undersøkingar og tiltak går føre ved alle dei andre stadene, og miljøproblema på desse stadene er venta å vere løyste innan 2005. Det gjenstår om lag 390 saker der det er behov for å undersøkje om forureininga er så alvorleg at det krevst tiltak. Dei som er ansvarlege etter forureiningslova må utgreie miljøtilstanden og behovet for tiltak som avgrensar forureiningane.

Det er òg ei rekkje lokalitetar med forureining i grunnen som ikkje representerer noko problem med den bruk som er i dag av dei aktuelle areala og resipient. I 2000 var det ca. 1335 slike kartlagde lokalitetar.

Verkemiddel

Resultatområdet er planlagt finansiert med totalt 105,8 mill. kr. Finansieringa er i hovudsak dekt over Statens forureiningstilsyn sitt budsjett kap. 1441 samt kapitla 1400, 1443 og 1410.

Miljøtilstanden i Noreg er i stor grad avhengig av internasjonale avtaler då ein stor del av den mengda helse- og miljøfarlege kjemikaliar som blir tilført miljøet i Noreg stammar frå utslepp i andre land, og blir ført til Noreg via luft- og havstraumar. I tillegg blir det innført ei rekkje kjemikaliar via produkt som er produserte utanfor Noreg. Utviklinga av EU sitt nye kjemikalieregelverk har spesielt stor innverknad for Noreg, både fordi det i så stor grad påverkar tilførslene via luft, hav- og produktstraumar, fordi det påverkar utsleppa også i Noreg og fordi regelverket vil vere ein del av EØS-avtala. EU-kommisjonen la i februar 2001 fram forslag til ny kjemikaliepolitikk. Noreg og EFTA har kommentert forslaget og føreslått ytterlegare utbetringar. Regjeringa vil medverke til å utvikle eit godt nytt europeisk kjemikalieregelverk gjennom dei fora Noreg deltek i. Den konkrete innsatsen i EU skal auke. Noreg skal medverke til effektiv gjennomføring og utviding av ECE-protokollane om organiske miljøgifter og tungmetall, leggje til rette for tilslutning til den globale POPs-konvensjonen om organiske miljøgifter som nyleg er underteikna, og for at den trer i kraft snarast mogleg. Noreg ønskjer ei vidare styrking og utviding av arbeidet med kjemikaliar i UNEP og det globale forumet IFCS.

Noreg deltek i sluttføringa av forslaget til eit nytt, felles globalt system for merking av helse- og miljøfarlege kjemikaliar innan transport, arbeidsliv og for forbrukarar under ECOSOC. Eit globalt system vil føre til auka vern av helse og miljø i den internasjonale handelen med kjemikaliar.

Nasjonalt vil Miljøverndepartementet føre vidare arbeidet med strenge utsleppskrav i konsesjonar etter forureiningslova og bruk av forskrifter etter lova om produktkontroll i tillegg til utvikling av ny kunnskap for å redusere utsleppa av helse- og miljøfarlege kjemikaliar.

Bruk av blyhagl utgjer over 70 prosent av dei samla blyutsleppa i Noreg. Regjeringa innfører derfor eit forbod mot omsetning, eksport, import og bruk av blyhagl ved årsskiftet. Når det gjeld jakt på fastmark, dvs. i skog og på fjellet, blir det foreslått ein overgangsperiode på tre år, slik at omstillingsprosessen kan skje på ein smidig måte.

For å redusere utsleppa av dei giftige tungmetalla krom og arsen innfører Regjeringa i 2002 eit generelt forbod mot trykkimpregnert trevirke som inneheld krom og arsen, med unntak for nokre typar stolpar som skal stå i direkte kontakt med jord eller vatn. Inntil ein får god nok kunnskap og erfaring med dei miljøvennlege alternativa til kopparimpregnert trevirke, vil koppar framleis vere tillate å bruke i trykkimpregnert trevirke på alle bruksområde.

For å kunne nå målet om ein vesentleg reduksjon av utslepp av koppar innan 2010 tek Regjeringa sikte på å innføre ei forskrift som vil gi mindre kopparutslepp frå notverkstader.

Miljøgifta PCP er ikkje nytta i produksjon i Noreg, men finst likevel i importerte tekstil- og lærprodukt. For å sikre stans i utsleppa av denne miljøgifta, vurderer derfor Regjeringa å innføre verkemiddel som hindrar at produkt som inneheld slike miljøgifter blir innførde til Noreg.

TBT er ein hormonhermar som påverkar forplantninga og er ekstremt giftig for marine organismar. I Noreg blir stoffet i all hovudsak brukt som tilgroingshindrande middel i botnstoff på skip. På grunn av skipsfarten sin internasjonale karakter er det viktig å få på plass eit globalt forbod. Det er ei målsetjing innan FN sin sjøfartsorganisasjon IMO å stanse påføring av TBT innan 1. januar 2003. Regjeringa tek sikte på å innføre eit norsk forbod innan same fristen.

Krematorium utgjer ei vesentleg kjelde til utslepp av kvikksølv til luft. I tillegg medverkar krematoria til utslepp av miljøgiftene PAH og dioksin. Miljøverndepartementet vurderer derfor å innføre ei forskrift som stiller krav om at krematorium installerer reinsing og/eller skifter ut eller oppgraderer eldre omnar og på den måten reduserer utsleppa sine.

Miljøvernstyresmaktene har arbeidd for ein frivillig stans i bruken av oktyl- og nonylfenol og deira etoksilat. Undersøkingar i 2000 viste likevel at desse kjemikaliane framleis var i bruk og at Regjeringa si målsetjing om stans innan 2000 dermed ikkje var nådd. For så langt som råd er å sikre at målet blir oppfylt, vil Regjeringa derfor innføre ei forskrift med eit generelt forbod.

All ny bruk av miljøgifta PCB har vore forboden sidan 1980, men det finst likevel PCB i produkt som framleis er i bruk. Den største gjenverande kjelda til PCB er fugemasse i eldre isolerglasruter. Når slike glasruter blir kasserte er dei spesialavfall. Likevel blir svært få av desse i dag innleverte til godkjende mottaks- og behandlingsanlegg. Det er derfor sett i verk ulike strakstiltak for å sikre auka innlevering, jf. omtale under resultatområde 6, resultatmål 3, og det er føreslått oppretta ein ny tilskotspost for å medverke til auka innsamling av isolerglasruter som inneheld PCB, jf. kap. 1441 post 77. Vidare vil Miljøverndepartementet leggje fram ein handlingsplan for PCB der alt pågåande arbeid og nye initiativ for å stanse vidare utslepp vil blir presentert. Ein slik plan vil m.a. innehalde tiltak innan forsking og kartlegging, internasjonalt samarbeid, oppryddingstiltak og miljøovervaking generelt med særleg vekt på arktiske strøk, jf. Innst.S. nr. 277 (2000-2001).

Innan OSPAR er det no offentleggjort ei liste over 400 stoff som førebels er omfatta av generasjonsmålet, jf. resultatmål 2. Av desse er 29 stoff prioriterte for tiltak. Under direktivet om vassressursar er det føreslått 11 stoff som skal vere omfatta av målet om utfasing. Målet skal operasjonaliserast vidare internasjonalt, spesielt i samband med den 5. Nordsjøkonferansen i mars 2002 i Bergen. Elles vil det vere viktig å halde fram samarbeidet om dette innan OSPAR og EU/EØS.

Tiltak som medverkar til å redusere den samla risikoen knytt til bruk av kjemikaliar, jf. resultatmål 3, vil òg få høg prioritet, m.a. vil det bli lagt vekt på å betre informasjonen om kjemikaliar. Det er tidlegare føreslått å opprette eit ope informasjonssystem – ein produktinformasjonsbank – på Internett. Produsentane skal der frivillig kunne leggje ut informasjon om innhaldet av kjemikaliar i sine produkt, slik at informasjonen blir lettare tilgjengeleg for private og yrkesvise brukarar. Etter at GRIP har gjennomført eit pilotprosjekt i 2001, vil Miljøverndepartementet medverke til at det kan opprettast ein produktinformasjonsbank på Internett.

Produktregisteret er eit sentralt verkemiddel i styresmaktene sitt arbeid med helse- og miljøfarlege kjemikaliar. Fordi miljøvernstyresmaktene i stor grad har ei koordinerande rolle på kjemikalieområdet, SFT er den største brukaren av registeret, og fordi miljøvernstyresmaktene er forbrukarstyresmakt på kjemikalieområdet føreslår Regjeringa at det administrative ansvaret for Produktregisteret blir overført frå Arbeids- og administrasjonsdepartementet til Miljøverndepartementet, jf. Kap. 1444. Forslaget er i tråd med anbefaling frå Statskonsult som i 2000 gjennomførte ei evaluering av Produktregisteret. I 2002 vil Produktregisteret prioritere å auke kapasiteten for å ivareta ny deklarasjonsplikt for miljøfarlege produkt, utvikling av elektronisk innmelding over Internett av opplysningar til Produktregisteret, og tilrettelegging for eit samarbeid med Giftinformasjonssentralen og GRIP om formidling av kjemikalieinformasjon. Vidare vil Produktregisteret samanstille data i rapportar som viser informasjon om stoff, bransjar og grupper av kjemikaliar og deira utvikling over tid, og delta aktivt i Nordisk produktregistergruppe slik at opplysningar frå produktregistra kan utnyttast i nordisk samanheng. Miljøverndepartementet vil i samarbeid med Sosial- og helsedepartementet og Arbeids- og administrasjonsdepartementet i 2002 gjennomføre eit fornyingsprosjekt med mål å komme fram til tiltak som medverkar til ei vidareutvikling av registeret slik at det i størst mogleg grad kan ivareta styresmaktene sitt behov for korrekte data om bruk av helse- og miljøfarlege kjemikaliar og importørane sitt behov for ei effektiv innrapportering av opplysningar, og medverke til informasjon til allmenta om bruk av farlege kjemikaliar.

Forvaltninga av kjemikaliar er i dag svært kompleks og fordelt på ei rekkje departement og direktorat. For å sikre ei effektiv og heilskapleg forvaltning har Regjeringa gjennomført eit breitt arbeid for å kartleggje og analysere regelverk og organisering av forvaltninga på kjemikalieområdet, og den vurderer no behovet for endringar.

Forureina grunn og opprydding i forureina sediment

Miljøverndepartementet vil føre vidare arbeidet med forureina grunn og sediment innanfor dei fem hovudområda som vart skisserte i St.prp. nr. 1 (1999-2000). Det viktigaste verkemidlet for å få rydda opp i område med forureina grunn er pålegg etter forureiningslova. Dei lokalitetane med forureina grunn som ikkje representerer noko problem med den bruken som er i dag av aktuelle areal og resipientar, men som må vurderast i samband med aktuelle byggje- og gravesaker, bør handterast lokalt. Det blir derfor arbeidd med å leggje til rette for at allmenta skal få betre tilgang til informasjon om forureina grunn, og at lokale styresmakter skal kunne få nødvendig mynde og tilgang til den informasjonen som trengst for lokalt å kunne overta dette ansvaret.

Forureina sediment frå tidlegare utslepp av miljøgifter finst omtrent overalt i nærleiken av industriverksemd og større folkesenter, og er i dag det største gjenverande lokale miljøproblemet i Noreg. Miljøgiftene i sedimenta kan skade det biologiske mangfaldet, skade menneske si helse gjennom inntak av fisk og skaldyr og redusere den bruksverdi område har for m.a. friluftsliv, fiske og fiskeoppdrett. I alt 24 fjordar og hamner, 818 km2, er så forureina at styresmaktene har måtta råde folk frå å ete sjømat frå områda. Problemet er både omfattande og komplekst, og oppryddinga i forureina sediment byr på store juridiske, teknologiske og ressursvise utfordringar. Det er derfor behov for ein heilskapleg strategi med klare mål, ambisjonar og prioritering av ulike tiltak for det vidare arbeidet på området. Det blir no arbeidd med å utvikle ein slik heilskapleg strategi, og Regjeringa tek sikte på å komme tilbake i ei melding til Stortinget med ein presentasjon av denne strategien i tillegg til ei omtale av status i arbeidet så langt.

Regjeringa legg allereie no opp til auka innsats for å hindre at miljøgifter i sediment skader helse og miljø, og føreslår derfor auka løyvingar til dette arbeidet, jf. kap. 1441 post 39. I tråd med prinsippet om at forureinar betaler er det lagt opp til at utgiftene til opprydding i forureina sediment i utgangspunktet skal dekkjast av dei som har vore årsak til forureininga eller som i dag er ansvarlege for det forureina området. Det er likevel ofte uklare ansvarsforhold i saker med større forureina område slik at det er behov for bruk av statlege midlar for å sikre god nok framdrift i oppryddingsarbeidet.

Blant dei største utfordringane i dette arbeidet er mangelen på erfaring med gjennomføring av oppryddingstiltak, behovet for utvikling av nye teknologiske løysingar og behovet for å sikre heilskaplege tilnærmingar til større fjord- og kystområde der allereie forureina sediment må sjåast i samanheng med nye utslepp frå land. I det vidare arbeidet vil det derfor bli lagt vekt på å gjennomføre prosjekt som gir erfaring med gjennomføring av oppryddingstiltak. Det er òg viktig med lokal og regional deltaking for å komme fram til heilskapleg gode løysingar for dei enkelte fjord- og kystområda. Tiltak i sediment der det på grunn av ytre påverknad eller naturlege forhold er fare for vidare spreiing av miljøgiftene til nye område vil bli prioriterte.

Det er behov for auka kunnskap om korleis dei ulike miljøgiftene i sedimenta påverkar livet i havet, korleis ulike miljøgifter opptrer saman, kva verknad miljøgiftene i sedimenta har i forhold til kjelder på land osv. Dette er kunnskap som vil vere nødvendig for å kunne fastsetje rett ambisjonsnivå og lage tiltaksplanar for oppryddinga. Regjeringa vil derfor prioritere forsking innan dette området.

14 Resultatområde 6: Avfall og ­gjenvinning

Definisjon og avgrensing

Sluttbehandling av avfall er kjelde til globale og lokale miljøproblem. Det er rekna ut at utslepp av metan frå deponi utgjer om lag 7 % av dei samla norske utsleppa av klimagassar. I tillegg medfører avfallsbehandlinga utslepp av helse- og miljøskadelege kjemikaliar, støv, forsurande komponentar, tungmetall, næringssalt og forsøpling. Resultatområdet omfattar arbeidet med å redusere miljøskadelege utslepp som følgje av avfall (inkl. spesialavfall), gjennom å redusere avfallsmengdene, auke gjenvinninga og syte for ei forsvarleg sluttbehandling av avfallet og mindre forsøpling. Resultatområdet omfattar òg internasjonalt arbeid, særleg arbeidet med EU-direktiv og oppfølginga av Basel-konvensjonen. Resultatområdet omfattar ikkje kjernefysisk avfall, eller avfall frå sprengstoff, eksplosiv m. v. Både fiskeavfall som blir dumpa til sjøs og lausmassar, stein og grus er omfatta av avfallsomgrepet, men dei er ikkje årsak til vesentlege ulemper når det gjeld forureining.

Strategisk mål

Det er eit mål å syte for at skadane frå avfall blir så små som mogleg på menneske og naturmiljø. Dette skal gjerast ved å løyse avfallsproblema gjennom verkemiddel som sikrar ein samfunnsøkonomisk god balanse mellom omfanget av avfall som blir generert, og som blir attvunne, brent eller deponert.

Nasjonale resultatmål, miljøvernforvaltninga sitt arbeidsmål, resultatindikatorar og statusbeskriving

Statusbeskriving

Arbeidsmål 1.1. Miljøvernforvaltninga skal gjennom verkemiddel for meir rett prising, kostnads- og ansvarsdeling for avfallshandtering, og tilskot og kunnskapsformidling, medverke til å stimulere til ei generering av avfall som er vesentleg lågare enn den økonomiske veksten.

Utviklinga i avfallsmengda blir påverka av ein rekkje drivkrefter i samfunnet, m.a. av den økonomiske utviklinga. Miljøvernforvaltninga har få verkemiddel som direkte regulerer genereringa av avfall. Verkemiddel som er innførte for å sikre auka gjenvinning eller forsvarleg sluttbehandling av avfall vil likevel stimulere til avfallsreduksjon òg. Både skjerpa krav til avfallsbehandling, avgift på sluttbehandling av avfall og innføring av produsentansvar er med på å prise miljøkostnader og medverkar til betre ansvarsdeling, som dermed stimulerer til avfallsreduksjon. Det har vore ein nedgang i dei kommunale avfallsmengdene i perioden 1998 til 2000 på 3,6 %. I same tidsrom har BNP auka med om lag 3 %. Kommunalt avfall omfattar alt avfall frå hushald og delar av næringsavfallet. Frå tidlegare veit vi at det har vore ein reduksjon i dei totale mengdene næringsavfall i perioden 1994 til 1998 på om lag 4,5 %. Statistikken over avfallsmengd for dei siste åra kan derfor tyde på at utviklinga går i riktig retning med omsyn til det nasjonale resultatmålet.

Avgifta på sluttbehandling av avfall som vart innført i 1999, har som hovudmål å prise miljøkostnadene frå sluttbehandling av avfall og i tillegg stimulere til energiutnytting. Avgifta medverkar dermed til avfallsreduksjon og auka gjenvinning. Ei interdepartemental arbeidsgruppe har vurdert avgifta, jf. Budsjett-innst. S.nr.1 (2000-2001) og vurderinga er omtalt i St. prp. nr 1 (2001-2002) Skatte-, avgifts- og tollvedtak og i omtalen av verkemiddel under.

Tabell 14.1 Mål- og indikatortabell for resultatområde 6: Avfall og gjenvinning.

Nasjonale resultatmål:

Miljøvernforvaltninga sine arbeidsmål:

Miljøvernforvaltninga sine resultatindikatorar:

1. Utviklinga i generert mengd avfall skal vere vesentleg lågare enn den økonomiske veksten.

1.1. Miljøvernforvaltninga skal gjennom verkemiddel for meir rett prising, kostnads- og ansvarsdeling for avfallshandtering, og tilskot og kunnskaps-formidling, medverke til å stimulere til ei generering av avfall som er vesentleg lågare enn den økonomiske veksten1).

– Total mengd avfall generert per år sett i forhold til økonomisk vekst målt i BNP.

2. Basert på at mengda avfall til sluttbehandling skal reduserast i tråd med kva som er eit fornuftig nivå av omsyn til samfunnsøkonomi og miljø, er det teke sikte på at mengda avfall til sluttbehandling innan 2010 skal vere om lag 25 % av generert avfallsmengd.

2.1. Miljøvernforvaltninga skal gjennom forvaltning av forureiningslova, konsesjonspraksis, krav til kommunar og næringslivet medverke til rammevilkår som gjer at mengda avfall til sluttbehandling innan 2010 skal vere maksimalt 25 % av generert mengd avfall per år. 1)

– Den delen av totalt generert mengd avfall som går til sluttbehandling.

3. Praktisk talt alt spesialavfall skal takast forsvarleg hand om, og anten gå til gjenvinning eller vere sikra god nok nasjonal behandlingskapasitet.

3.1. Miljøvernforvaltninga skal gjennom forvaltning av forureiningslova og forskrift om spesialavfall m.a. medverke til at praktisk talt alt spesialavfall blir teke forsvarleg hand om ut frå miljøomsyn, og medverke til å sikre god nok nasjonal behandlingskapasitet.

– Mengd spesialavfall med ukjent disponering.

– Mengd spesialavfall som blir eksporter til sluttbehandling.

1) Arbeidsmål og oppfølging/verkemiddel knytte til resultatmål 1 vil i monaleg grad påverke måloppnåinga for resultatmål 2, og vice versa.

Vidare har Miljøverndepartementet nedsett eit utval med representantar frå næringsliv, kommunar, forbrukarar, forsking og organisasjonar som skal gi råd om verkemiddel, og forslag til tiltak for å redusere avfallsmengdene. Utvalet vart nedsett i april og skal arbeide i eitt år. Konklusjonane frå utvalet vil bli gitt ut i form av ei NOU. Vidare har tilskot til GRIP, Miljøfyrtårn-ordninga og stiftelsen Miljømerking resultert i avfallsreduserande tiltak.

Arbeidsmål 2.1. Miljøvernforvaltninga skal gjennom forvaltning av forureiningslova, konsesjonspraksis, krav til kommunar og næringslivet medverke til ­rammevilkår som gjer at mengda avfall til slutt­behandling innan 2010 skal vere maksimalt 25 % av generert mengd avfall per år.1)

Det er etablert returordningar for ulike avfallstypar, m.a. for elektriske og elektroniske produkt, dekk, blybatteri, bilvrak og forskjellige typar emballasje. Miljøvernstyresmaktene forvaltar regelverk og driv tilsyn med desse. Miljøvernforvaltninga si løpande regulering og tilsyn med anlegg for avfallsbehandling er viktig for å sikre gjenvinning. På mange område har gjenvinninga auka, f.eks. har gjenvinninga av kommunalt avfall auka med 31,7 % i perioden 1998-2000.

Arbeidsmål 3.1. Miljøvernforvaltninga skal gjennom forvaltning av forureiningslova og forskrift om ­spesialavfall m.a. medverke til at praktisk talt alt ­spesialavfall blir teke forsvarleg hand om ut frå ­miljøomsyn, og medverke til å sikre god nok ­nasjonal behandlingskapasitet.

Innan utgangen av 2001 er det venta at det ligg føre ny statistikk frå Statistisk sentralbyrå som gir informasjon om mengd spesialavfall med ukjent disponering. Miljøvernforvaltninga sitt løpande arbeid med regulering og tilsyn med alle som handterer spesialavfall er viktig for å sikre ei høg grad av innsamling og forsvarleg behandling av spesialavfall. Det er i år blitt sett spesielt fokus på manglande innlevering av spesialavfall som skriv seg frå isolerglasruter som inneheld PCB. Det er vurdert å vere om lag 150 tonn PCB igjen i vindauge som enno ikkje er skifta ut. For å auke innleveringa av dette spesialavfallet har Miljøverndepartementet sett i verk ei rekkje strakstiltak. Det er sendt ut brev til alle aktørar i bygg- og anleggs- og rivningsbransjen for å understreke det ansvaret dei har for å sikre lovleg og forsvarleg handtering av dette avfallet. Vidare er òg alle avfallsmottak tilskrivne for å understreke deira ansvar, og fylkesmenn er bedne om å opprioritere dette i sitt kontrollarbeid. Det er òg gitt tilskot til tiltak innan informasjon og oppbygging av kompetanse på feltet. I det vidare arbeidet blir det lagt opp til å inngå ei avtale med den aktuelle bransjen der den forpliktar seg til å ta ansvar for den ulovlege praksisen som no går føre seg. Det er òg lagt opp til å yte tilskot for å bidra til å få på plass eit innsamlingssystem for isolerglasruter som inneheld PCB, jf. omtale under kap 1441 post 77.

Verkemiddel

Avfallspolitikken blir gjennomført gjennom eit samspel mellom ei rekkje ulike verkemiddel; lover og forskrifter, avgifter, tilskotsordningar, bransjeavtaler og informasjonstiltak, og kombinasjonar av desse. Resultatområdet er planlagt finansiert med 365,7 mill. kr, som blir løyvd over kap. 1441 Statens forureiningstilsyn, kap. 1400 Miljøverndepartementet, og i noko grad over kap. 1410 Miljøforsking.

Det bilvraksystemet vi har i Noreg i dag sikrar ei høg grad av innsamling og forsvarleg behandling av kasserte køyretøy sett ut frå miljøomsyn. Systemet er basert på offentleg innkrevjing av vrakpantavgift og utbetaling av pant til bileigarar og vederlag til verksemder som handterer kasserte køyretøy. Statens forureiningstilsyn har det overordna ansvaret for systemet. Ansvaret omfattar i tillegg til tilsynsfunksjonen òg det å inngå kontraktar med verksemder som handterer bilvraka. EU vedtok den 10.09.00 eit direktiv om utrangerte køyretøy (2000/53/EU). Direktivet, som er under behandling i EØS-komiteen med sikte på innlemming i EØS-avtala, legg opp til at det er produsentar og importørar av køyretøy som i framtida skal ha ansvaret for handtering av kasserte køyretøy, såkalla produsentansvar. Frå den 01.07.2002 skal produsentar og importørar ha ansvar for køyretøy som kjem på marknaden etter dette tidspunktet. Frå 01.01.2007 blir ansvaret utvida til å gjelde alle køyretøy som er omfatta av direktivet. I tillegg til produsentansvaret har direktivet òg høgare krav til innsamling og gjenvinning enn det som blir oppnådd i Noreg i dag. Direktivet medfører behov for omlegging av det norske bilvraksystemet. Miljøverndepartementet har i samråd med andre aktuelle departement og bransjen vurdert ei føremålstenleg tilpassing med sikte på å føre vidare dei gode resultata som er oppnådd i det eksisterande systemet. Det er semje om at omlegginga inntil vidare ikkje skal innebere noko endring av den delen av systemet som gjeld utbetaling av vrakpant som incitament til innlevering for siste bileigar, jf. omtale under kap. 1441. Pant er eit viktig incitament for å sikre innlevering av kasserte køyretøy. Spørsmålet om eventuelt å endre ordninga med offentleg pant vil kunne vurderast på ein føremålstenleg måte igjen i samband med full innføring av produsentansvar i 2007. Innføring av produsentansvar bør skje i tråd med direktivet slik at det ikkje oppstår ulikskap i konkurransetilhøva for norsk bilnæring i forhold til andre land. Etter at produsentansvar er innført i 2007 vil SFT få ei klarere rolle som tilsynsstyresmakt på området, samtidig som bilbransjen sitt ansvar for eige avfall blir klargjort i tråd med avfallspolitikken. Eit nytt utkast til regelverk er sendt på høyring hausten 2001, med sikte på vedtak primo 2002.

Innsamling og ombruk eller gjenvinning av emballasje for drikkevarer blir stimulert gjennom ei miljøavgift som blir redusert i takt med aukande returdel. I tillegg er det ilagt ei grunnavgift på eingongsemballasje til drikkevarer for å stimulere til ombruk. Ordninga blir ført vidare i 2002, jf. St.prp. nr. 1 (2001-2002) Skatte-, avgifts- og tollvedtak. Innsamling og gjenvinning av annan emballasje er regulert gjennom avtaler med næringslivet. Avtalene vart evaluert våren 2000. Hovudkonklusjonane og forslag til endringar vart omtalt i St. meld. nr 24 (2000-2001). Forslaga har fått tilslutning av Stortinget ved behandlinga av meldinga. Endringane i avtalene vil bli gjort i løpet av hausten 2001.

Innsamling og gjenvinning av brukt smørjeolje (spillolje) blir stimulert gjennom ei avgift på smørjeolje og avgiftsrefusjon ved levering av spillolje til godkjent innsamlar. Refusjonsordninga vart i 2000 utvida til òg å omfatte spillolje som ikkje stammar frå avgiftspliktig smørjeolje, men framleis med unntak for spillolje som stammar frå skip i utanriksfart. Erfaringane så langt med omlegginga er kommenterte under kap. 1441 post 76.

Det er sett i verk ei rekkje strakstiltak i samband med ulovleg handtering av spesialavfall i form av isolerglasruter som inneheld PCB, jf. omtale under arbeidsmål 3.1 over. I tillegg blir det no arbeidd spesielt for å medverke til å få på plass ei innsamlingsordning for forsvarleg behandling av isolerglasruter som inneheld PCB og ei avtale med den aktuelle bransjen, jf. omtale under kap 1441 post 77.

Over kap. 1400, post 73 Tilskot til kompetanseoppbygging og informasjon om miljøvennleg produksjon og forbruk og Lokal Agenda 21, blir det gitt driftstilskot til ulike spesifiserte verksemder som m.a. arbeider for auka gjenvinning av avfall, jf. omtale under kap. 1400.

Lov om vern mot forureiningar og om avfall (forureiningslova), og forskrifter gitt i medhald av den er dei sentrale juridiske styringsverktøya på avfallsfeltet.

Anlegg for sluttbehandling av avfall er konsesjonspliktige, og det er stilt strenge krav til reinsing av utslepp frå deponi og forbrenningsanlegg. Krava blir stadig skjerpa og det vil i løpet av hausten bli fastsett ei forskrift med nye krav knytte til deponia som sikrar implementering av direktiv i EØS-avtala om dette. Vidare er det i EU vedteke eit nytt direktiv om forbrenning av avfall. Det er teke sikte på å innlemme dette i EØS-avtala og implementere det gjennom eiga forskrift om forbrenning av avfall som på vanleg måte vil bli sendt på høyring i løpet av våren.

Kommunane har ei sentral rolle i handteringa av avfall. Dei har ansvar for å samle inn og behandle forbruksavfall, dei handhevar forbodet mot forsøpling og har plikt til å sikre seg full kostnadsdekning når dei fastset avfallsgebyra, og dei blir oppmoda til å differensiere gebyra. Dei har òg plikt til å syte for innsamling av spesialavfall frå mindre verksemder og innsamling av elektronisk avfall, og innsamling og forsvarleg behandling av kuldemøbel som inneheld KFK. Næringslivet har ansvar for at produksjonsavfall blir levert til godkjende behandlingsanlegg dersom det ikkje blir attvunne eller brukt på annan måte. Delar av produksjonsavfallet er regulert gjennom konsesjonar der det m.a. er stilt krav til bedrifta om ein plan for avfallsreduksjon. Det har i aukande grad blitt lagt vekt på at næringslivet har ansvar for avfall frå eigne produkt. I tråd med dette er det teke i bruk verkemiddel for å sikre at produsentar og importørar tek ansvar for innsamling og gjenvinning av ulike avfallstypar, m.a. for elektriske og elektroniske produkt, dekk, blybatteri og forskjellige typar emballasje.

Regjeringa vil på bakgrunn av Innst. S. nr. 295. (2000-2001), til St.meld. 24 (2000-2001) Regjeringens miljøvernpolitikk og rikets miljøtilstand, fremje ein proposisjon om endring av definisjonane av avfall i forureiningslova. Proposisjonen vil omtale dei aktuelle problemstillingane i samband med lovendringa, under dette den nærare grensedraginga mellom kommunane og næringslivet sitt ansvar, forholdet til allereie etablerte særskilde ordningar for gjenvinning av våtorganisk avfall og kommunane sitt høve til å dekkje kostnader til kontroll på området gjennom særskilde gebyr.

Noreg deltek i internasjonalt samarbeid med sikte på å oppnå ei mest mogleg føremålstenleg tilnærming til miljøproblema som skriv seg frå avfall og for å hauste erfaringar frå andre land, under dette i samanheng med arbeidet under Nordisk Ministerråd. Samarbeidet med EU er sentralt og EØS-avtala inneheld ei rekkje reglar som regulerer avfallsområdet. Dei viktigaste direktiva regulerer standarden på avfallsanlegga og dermed utsleppa frå sluttbehandling av avfall. I tillegg legg EU opp til auka bruk av produsent- og bransje-avtaler med næringslivet. Noreg har òg slutta seg til Basel-konvensjonen av 1989 som er ein global FN-konvensjon som regulerer høvet til import/eksport av avfall og fastset krav til prosedyrar ved slike transportar.

Sluttbehandlingsavgift på avfall

Avgifta på sluttbehandling av avfall vart innført frå 1. januar 1999. I tråd med Budsjett-Innst. S. nr 1 (2000-2001) er det gjort ei vurdering av korleis sluttbehandlingsavgifta kan endrast slik at den i større grad enn i dag stimulerer til gjenvinning av energi og samsvarer med miljøkostnadene knytte til sluttbehandling av avfall for alle anlegg. Vurderinga omfattar høvet til å leggje avgift direkte på utsleppa ved forbrenning. Ei meir utfyllande vurdering er presentert i St. prp. nr. 1 (2001-2002) Skatte-, avgifts- og tollvedtak.

Arbeidsgruppa anbefaler at sluttbehandlingsavgifta for forbrenningsanlegg for avfall blir lagt om til ei utsleppsavgift basert på kontinuerlege målingar for enkelte parameter, og løpande prøvetaking for andre. Gruppa anbefaler at anlegg som forbrenn mindre enn ei bestemt mengd avfall per år og der målekostnadene kan bli urimeleg store, kan velje eit alternativ med ei utrekna avgift som blir fastsett ut frå forventa utsleppskoeffisientar. Ei utsleppsavgift vil prise utsleppa direkte og stimulere anlegga til å investere i reinare teknologi og i større grad sortere ut komponentar i avfallet som gir høge utslepp. Arbeidsgruppa har ikkje vurdert eit konkret nivå for ei utsleppsavgift og ytterlegare utgreiingar må gjerast før eit konkret forslag kan leggjast fram for Stortinget.

Med den teknologien som er i dag er det ikkje mogleg å innføre ei utsleppsavgift for deponi. Ei differensiering etter miljøstandarden på deponia vil likevel vere meir treffsikker enn den utforminga avgifta no har. Ei eventuell differensiering av sluttbehandlingsavgifta for deponi vil måtte baserast på objektive kriterium, som i størst mogleg grad kan knytast til faktisk miljøstandard ved deponiet. Ei eventuell todeling av avgifta kan vurderast basert på om deponiet oppfyller krava som er stilte i EU sitt deponeringsdirektiv eller ikkje. Krava vil uansett gjelde frå 2009, men ei differensiering av avgifta vil gi eksisterande anlegg stimulans til å framskunde den nødvendige oppgraderinga. Det er likevel fleire forhold som må vurderast nærare før det kan leggjast fram eit konkret forslag om ei differensiering av sluttbehandlingsavgifta for deponi.

Det er eit politisk mål å leggje om energiproduksjonen til meir bruk av nye fornybare energikjelder og miljøvennleg varme, jf. St. meld. 29 (1998-99) Om energipolitikken. Arbeidsgruppa har lagt dette målet til grunn for drøftingane sine. Stortinget har lagt vekt på at måla skal nåast gjennom ein effektiv bruk av verkemiddel. Arbeidsgruppa har vurdert korleis ein mest føremålstenleg kan stimulere til auka produksjon av avfallsbasert energi. Dersom det er ønskjeleg å stimulere til auka energiutnytting i avfallsanlegga, anbefaler arbeidsgruppa at det blir innført ein subsidie i form av eit tilskot per kWh. Ein subsidie per produsert kWh vil vere eit meir treffsikkert verkemiddel enn den differensieringa av avgifta som er i dag. Eit tilskot per produsert kWh vil i prinsippet kunne gis til alle nye fornybare energikjelder, inkludert utnytting av gass frå deponi, dersom ein ønskjer å fremje bruken av desse. Arbeidsgruppa meiner at ei avgiftsdifferensiering per kWh som blir produsert alternativt vil vere betre enn den differensieringa som er i dag og som avheng av graden av energiutnytting i anlegget. Generelt vil ei stimulering basert på produsert kWh stimulere til å brenne avfall med høg brennverdi.

I prinsippet bør alle utslepp bli prisa ut frå miljøskadane som dei er årsak til. Unntak skaper avgrensningsproblem og tilpassingar. Unntak frå miljøavgifter representerer heller ikkje kostnadseffektiv bruk av verkemiddel, og er ikkje i tråd med prinsippet om at forureinar betaler. Arbeidsgruppa meiner derfor at det prinsipielt sett er ønskjeleg å utvide verkeområdet for avgifta til å omfatte alle verksemder som brenn avfall eller avfallsbasert brensel. Per i dag ligg det ikkje føre eit tilstrekkeleg datamateriale til at gruppa kan vurdere alle konsekvensane av ei utviding av verkeområdet for avgifta. M.a. har det ikkje vore mogleg å vurdere dei næringsvise konsekvensane. Gruppa anbefaler at ei utviding av avgiftsgrunnlaget blir vurdert på nytt når resultatet av konsekvensvurderinga som skal gjerast i samband med implementeringa av EU-direktivet ligg føre.

Det er føreslått at anbefalingane frå arbeidsgruppa blir nærare utgreidde. På bakgrunn av behandlinga i Stortinget av statsbudsjettet for 2002 vil det bli arbeidd vidare med ei omlegging i tråd med anbefalingane frå arbeidsgruppa. Regjeringa kjem tilbake i 2003-budsjettet med konkrete forslag til endringar.

15 Resultatområde 7: Klimaendringar, luftforureining og støy

Resultatområdet omfattar følgjande underområde:

  • Klimaendringar

  • Nedbryting av ozonlaget

  • Langtransporterte luftforureiningar

  • Lokal luftkvalitet

  • Støy

15.1 Klimaendringar

Definisjon og avgrensing

Utslepp av klimagassar vil på sikt kunne føre til at gjennomsnittstemperaturen ved jordoverflata aukar. Ein slik temperaturauke vil kunne endre nedbørsmønster og vindsystem, flytte klimasoner og heve havnivået. Desse endringane vil kunne få svært alvorlege konsekvensar for naturlege økosystem og samfunnsforhold. Resultatområdet omfattar arbeidet med å redusere utslepp og auke opptak av alle klimagassar, under dette m.a. karbondioksid (CO2), metan (CH 4) og lystgass (N 2O). Størsteparten av utsleppa av klimagassar nasjonalt kjem frå bruk av fossilt brensel til ulike formål, som transport, stasjonær forbrenning og petroleumsproduksjon. I tillegg er det monalege utslepp frå industrielle prosessar og frå avfallsfyllingar. Resultatområdet omfattar òg internasjonalt arbeid, m.a. oppfølging av Klimakonvensjonen og Kyotoprotokollen.

Strategiske mål

Konsentrasjonen av klimagassar skal bli stabilisert på eit nivå som vil hindre skadeleg, menneskeskapt påverknad av klimasystemet.

Tabell 15.1 Mål- og indikatortabell for resultatområde 7, underområde Klimaendringar.

Nasjonale mål

Miljøvernforvaltninga sine arbeidsmål

Miljøvernforvaltninga sine resultatindikatorar

1.1. Leie det norske arbeidet med å vidareutvikle Klima-konvensjonen og Kyoto-protokollen til å bli miljø- og kostnadseffektive instrument for å avgrense utsleppet av klimagassar og auke opptaket.

– Status for dei internasjonale forhandlingane og landa si oppfølging av avtalene, under dette registrering av talet på land som har ratifisert Kyotoprotokollen.

2. Utsleppa av klimagassar i den forpliktande perioden 2008-2012 skal ikkje vere meir enn 1 % høgare enn i 1990

2.1. Leie det nasjonale arbeidet med å vidareutvikle og implementere bruken av verkemiddel for å avgrense utsleppa av klimagassar i Noreg med sikte på å utløyse kostnadseffektive tiltak.

2.2. I samarbeid med energistyresmaktene redusere konsekvensane av utslepp ved bruk og produksjon av energi.

– Utvikling i nasjonale utslepp av klimagassar. Styrken i bruken av verkemiddel overfor klimagassar. Utviklinga og gjennomføringa av kvotesystem og andre verkemiddel

– Omfang av utnytting av lokale og nye fornybare energikjelder.

Nasjonale resultatmål, miljøvernforvaltning sine arbeidsmål, resultatindikatorar og statusbeskriving

Statusbeskriving

Arbeidsmål 1.1: Leie det norske arbeidet med å ­vidareutvikle Klimakonvensjonen og ­Kyotoprotokollen til å bli miljø- og kostnadseffektive instrument for å avgrense utsleppet av klimagassar og auke opptaket.

Det står framleis att spørsmål knytte til konkretisering av reglar og retningslinjer for Kyotoprotokollen som må vere avklarte før eit tilstrekkeleg tal land vil ratifisere protokollen slik at den kan tre i kraft. Protokollen trer i kraft når minst 55 partar har ratifisert den, under dette industriland som sto for minst 55 % av CO 2-utsleppa frå industrilanda i 1990. Til no er Kyotoprotokollen ratifisert av 34 land. Av desse er berre eitt industriland, Romania. Under avslutninga av den 6. partskonferansen under Klimakonvensjonen i Bonn i juli 2001 vart det semje om ei omfattande politisk avtale som gir avklaring på mange av dei politisk mest vanskelege spørsmåla knytte til Kyotoprotokollen. Det er håp om att endelege vedtak kan fattast på den 7. partskonferansen i Marrakesh i oktober/ november 2001.

Arbeidsmål 2.1: Leie det nasjonale arbeidet med å vidareutvikle og implementere bruken av verkemiddel for å avgrense utsleppa av klimagassar i Noreg med sikte på å utløyse kostnadseffektive tiltak.

22. juni 2001 la Regjeringa fram St.meld.nr. 54 (2000-2001) Norsk klimapolitikk. I meldinga legg Regjeringa opp til ein styrkt og heilskapleg bruk av verkemiddel for å sikre at Noreg oppfyller sine forpliktingar under Kyotoprotokollen. Utsleppa av klimagassar i 1999 var 56,1 mill. tonn CO 2-ekvivalentar. Dette er 8 % høgare enn utsleppa i 1990. Utsleppsveksten for klimagassane i Noreg er venta å halde fram dersom ikkje ytterlegare tiltak blir sette i verk. St.meld. nr. 54 (2000-2001) Norsk klimapolitikk inneheld framskrivingar som viser at samla utslepp av klimagassar vil kunne auke med om lag 28 % frå 1990 fram mot 2010, og CO 2-utsleppa med drygt 40 %, utan nye tiltak som avgrensar utsleppa. I denne meldinga føreslår Regjeringa nye verkemiddel for å redusere utsleppa av klimagassar.

Arbeidsmål 2.2: I samarbeid med energistyres­maktene redusere konsekvensane av utslepp ved bruk og produksjon av energi.

Utslepp av CO 2 frå stasjonær forbrenning svarer til 6,2 millionar tonn i 2000. Med ein vekst i energibruken og eventuell utbygging av gasskraftverk vil dei nasjonale CO 2-utsleppa kunne auke monaleg framover. Regjeringa har gitt økonomisk støtte til lokale klimatiltak. Regjeringa har òg auka tilskota til utvikling av klimateknologi gjennom KLIMATEK-programmet i regi av Noregs forskingsråd.

Verkemiddel

Finansieringa av resultatområde 7, underområda klimaendringar, nedbryting av ozonlaget og langtransporterte luftforureiningar blir dekt over kap. 1410, kap. 1400 og kap. 1471. CO 2-avgifta som vart innført i 1991, vil vere hovudverkemidlet i Noreg inntil eit nasjonalt kvotesystem er på plass. CO 2-avgifta dekkjer om lag 64 % av CO 2-utsleppa og om lag 47 % av dei samla utsleppa av klimagassar. Det blir her vist til Finansdepartementet sin avgiftsproposisjon for ei nærare oversikt over satsane for CO 2-avgifta.

I Klimameldinga går Regjeringa inn for at eit nasjonalt kvotesystem skal innførast frå 2008, som er det første året i den forpliktande perioden under Kyotoprotokollen (2008-2012). Regjeringa vil òg kontinuerleg vurdere om det vil vere føremålstenleg å innføre eit kvotesystem på eit tidlegare tidspunkt, til dømes i samarbeid med EU eller land i Østersjø-regionen.

Regjeringa vil ta initiativ til å opne forhandlingar med verksemder som ikkje er omfatta av CO 2 –avgifta, med sikte på å få utløyst tiltak som reduserer utsleppa. Regjeringa omtalte i klimameldinga iverksetjing av verkemiddel mot dei ikkje-industrielle utsleppa av HFK, PFK og SF6. Det blir lagt opp til forhandlingar med sikte på avtaler med aktuelle bransjar. I tillegg krev IPPC-direktivet frå EU, som gjeld dei fleste store utsleppskjelder, m.a. at styresmaktene stiller krav om at industrien tek i bruk best tilgjengeleg teknologi (BAT). Noreg deltek aktivt under EØS-avtala i arbeidet med IPPC-direktivet og vil løpande følgje opp direktivet i forhold til norsk industri.

Som ledd i ein synleg og aktiv klimapolitikk vil Regjeringa satse på enøk og fornybare energikjelder, m.a. gjennom Enova SF. Enova skal medverke til å oppfylle nasjonale energi- og miljømål. I denne samanheng vil m.a. målet frå St.prp. nr. 29 (1998-99) Om energipolitikken om ei omlegging av energiproduksjon og -bruk stå sentralt. I kombinasjon med m.a. tilskotsmiddel frå Enova vil Regjeringa følgje opp med meir samordna informasjon og koordinert bruk av verkemiddel overfor regionalt og lokalt nivå. Arealplanlegging etter Plan- og bygningslova er eitt av fleire verkemiddel for fylkeskommunane og kommunane. Ei samordning av energiplanlegginga med kommunal arealplanlegging er ein viktig føresetnad for å styrkje bruken av fjernvarme- og nærvarmesystem basert på fornybare og lokale energikjelder. Utvikling av klimaplanar gjennom Lokal Agenda 21 vil medverke til å fremje samspelet mellom forvaltning, næringsliv og organisasjonar på regionalt og lokalt nivå.

Regjeringa legg opp til ei langsiktig og styrkt satsing på klimaforsking i Noreg. Den auka satsinga vil for det første gjelde klimavitskaplege problemstillingar som omfattar grunnleggjande forståing av forholdet mellom naturlege og menneskeskapte klimavariasjonar, klimamodellar og konsekvensar av klimaendringar. Eit anna prioritert felt er analysar av samfunnsvise rammevilkår og aktuelle verkemiddel. Regjeringa vil gjennom tiltak knytte til forsking, informasjon og oppbygging av kompetanse aktivt medverke til å byggje opp beredskap, og leggje til rette for nødvendige samfunnsvise tilpassingar i ulike sektorar for å avgrense skadar og tap som er venta å ville komme på grunn av klimaendringar. Det tredje hovudområdet for ei styrkt klimaforsking er utvikling av teknologi som konkret reduserer utsleppa av CO 2 og andre klimagassar. Dette vil òg kunne inkludere utvikling av nye fornybare/alternative energikjelder og meir miljøvennleg og effektiv bruk av energi.

Regjeringa vil styrkje satsinga på informasjon om klimaproblema og nasjonal klimapolitikk. CICERO vil i denne samanheng bli tillagt ei spesiell nasjonal oppgåve knytt til informasjon og formidling av forsking.

Regjeringa vil at Noreg framleis skal vere ein aktiv deltakar i internasjonalt klimasamarbeid, mellom anna i arbeidet med å utvikle vidare Klimakonvensjonen og Kyotoprotokollen til å bli miljø- og klimaeffektive instrument for å avgrense utsleppa og auke opptaket av klimagassar. Regjeringa ønskjer å leggje til rette for at norsk industri og næringsliv skal kunne delta aktivt i internasjonalt klimasamarbeid, mellom anna gjennom bruk av Kyotomekanismane.

Noreg har dei seinare åra samarbeidd med andre land, både gjennom Verdsbanken og bilateralt med land i Aust-Europa og utviklingsland for å skaffe erfaring med prosjektsamarbeid for å redusere utsleppa av klimagassar («felles gjennomføring«). Dei nordiske energi- og miljøministrane har vedteke å etablere eit prøveprosjekt for Østersjø-regionen der ein ønskjer å skaffe nærare erfaring med prosjektsamarbeid, under dette gjennomføring av prosjekt og vidare utgreiing av eit mogeleg kvotesystem i Norden.

15.2 Nedbryting av ozonlaget

Definisjon og avgrensing

Ozonlaget vernar menneske, planter og dyr mot skadeleg ultrafiolett stråling. Blir ozonlaget svekt, kan det få alvorlege konsekvensar for livet på jorda. For sterk ultrafiolett stråling kan føre til hudkreft og augeskader, svekkje immunforsvaret hos menneske og dyr og redusere veksten av plankton i havet og planteveksten på landjorda. Sidan midten av 1980-talet har det i vårmånadene funne stad ei gradvis menneskeskapt svekking av ozonlaget over Antarktis. I dei siste åra har det skjedd ei markert svekking av ozonlaget òg over arktiske område. Ei meir moderat svekking er òg registrert over midlare breiddegrader i vårmånadene. Resultatområdet omfattar arbeidet med å førebyggje og redusere utsleppa av alle ozonreduserande stoff, under dette m.a. klorfluorkarbon (KFK), hydroklorfluorkarbon (HKFK), metylbromid og halon. Dei viktigaste kjeldene til utslepp av ozonreduserande stoff er industri og privat hushald (kjølemiddel/brannslokkingsmiddel). Resultatområdet omfattar òg internasjonalt arbeid, m.a. oppfølging av Montrealprotokollen.

Strategiske mål

All produksjon og forbruk av ozonreduserande stoff skal stansast.

Tabell 15.2 Mål- og indikatortabell for resultatområde 7, underområde Nedbryting av ozonlaget.

Nasjonale mål

Miljøvernforvaltninga sine arbeidsmål

Miljøvernforvaltninga sine resultatindikatorar

3.1. Leie det norske arbeidet med å vidareutvikle Montreal-protokollen til framleis å vere eit miljø- og kostnadseffektivt instrument for å avgrense utslepp av ozonreduserande stoff.

– Status i det internasjonale arbeidet, under dette talet på land som har ratifisert og følgjer opp dei ulike endringane av protokollen og landa si oppfølging av sine forpliktingar.

4. Det skal ikkje vere forbruk av halon, eller av nokon type klorfluorkarbon (KFK), tetraklormetan, metylkloroform og hydrobromfluorkarbon (HBFK).

4.1. Følgje opp bruken av verkemiddel overfor halon, KFK, tetraklormetan, metylkloroform og HBFK.

– Reell reduksjon i bruk av KFK og halon

5. Forbruket av metylbromid skal vere stabilisert frå 1995, og fasa ut innan 2005.

5.1. Leie det nasjonale arbeidet med å vidareutvikle og implementere bruken av verkemiddel for å redusere forbruket av metylbromid i Noreg, under dette oppfølging av endringar i ozonforordninga frå EU.

– Reell reduksjon i produksjon, import, eksport og bruk av metylbromid.

6. Forbruket av hydroklorfluorkarbon (HKFK) skal vere stabilisert frå 1995, og fasa ut innan 2015.

6.1. Leie det nasjonale arbeidet med å vidareutvikle og implementere bruken av verkemiddel for å redusere forbruket av HKFK i Noreg, under dette følgje opp endringar i ozonforordninga frå EU.

– Reell reduksjon i produksjon, import, eksport og bruk av HKFK.

Nasjonale resultatmål, miljøvernforvaltninga sine arbeidsmål, resultatindikatorar og statusbeskriving

Statusbeskriving

Arbeidsmåla 3.1. – 6.1. Leie det norske arbeidet med å avgrense utslepp av ozonreduserande stoff og forbruket av desse.

Noreg har oppfylt alle internasjonale plikter og har sett strengare nasjonale mål for utfasing enn forpliktingane for enkelte av dei stoffa som er regulerte i Montrealprotokollen. Noreg sine delmål er at forbruket av metylbromid skal reduserast med 70 % innan 01.01.2003 og 100 % innan 01.01.2005. Forbruket av HKFK skal reduserast med 35 % innan 01.01.2004, 60 % innan 01.01.2007, 80% innan 01.01.2010, 95 % innan 01.01.2013 og 100 % innan 01.01.2015. Noreg har ingen produksjon av ozonreduserande stoff. Når det gjeld metylbromid og HKFK, blir det årleg utdelt avgrensa kvotar. I 2000 innfridde forbruket av metylbromid plikta til stabilisering og forbruket av HKFK var 25 % under plikta til stabilisering. Noreg har såleis oppfylt både pliktene i høve til Montrealprotokollen og dei nasjonale måla for utfasing.

Verkemiddel

Finansiering av resultatområde 7, underområde nedbryting av ozonlaget, blir i hovudsak dekt under kap. 1400.

Noreg har i mange år lege i forkant av dei internasjonale føresegnene når det gjeld reduksjon i forbruket av dei ozonreduserande stoffa. Bakgrunnen for dei gode reduksjonsresultata for ozonreduserande stoff i Noreg er at det er teke i bruk ein kombinasjon av verkemiddel som har virka styringseffektivt, der forskrifter, informasjon, frivillige tiltak og samarbeid mellom styresmaktene og bransjane har stått sentralt. Alle dei ozonreduserande stoffa i Montrealprotokollen er no regulerte gjennom forskrifter.

Det blir i dag berre gitt løyve til import av metylbromid og HKFK til Noreg. Unntak er import av KFK i ferdigprodusert astmaspray og små mengder KFK, tetraklormetan og metylkloroform til analysar som er godkjende som essensiell bruk under Montrealprotokollen.

Det nasjonale arbeidet er no retta mot kontroll av at føresegnene blir overhaldne, overvaking av miljøsituasjonen og oppfølging av dei endringane i Montrealprotokollen som vart vedtekne hausten 1997. Noreg har sett i verk ei ordning med lisensiering for import og eksport av ozonreduserande stoff slik dei nye krava i Montrealprotokollen la opp til frå 1. januar 2000.

15.3 Langtransporterte luftforureiningar

Definisjon og avgrensing

Forsuring som kjem av tilførsler av svoveldioksid (SO2), nitrogenoksid (NO x) og ammoniakk (NH3) er ein av dei største truslane mot biologisk mangfald i Noreg, særleg i ferskvatn. Den mest synlege effekten er skadane på fiskebestanden, særleg i Sør-Noreg, jf. resultatområde 1. Utslepp av flyktige organiske sambindingar (VOC) og nitrogenoksid (NOx) gir bakkenært ozon som ved høge konsentrasjonar kan gi helseskadar og skadar på vegetasjon, avlingar og material. Tilførsel av nitrogen og ammoniakk kan medføre overgjødsling, jf. resultatområde 4. Resultatområdet omfattar arbeidet med å førebyggje og redusere utsleppa av svovel, nitrogenoksid, ammoniakk og flyktige organiske sambindingar. I tillegg omfattar det arbeidet med å betre miljøtilstanden, som f.eks. kalking. Meir enn 90 % av nedfallet av svovel og nitrogenoksid i Noreg kjem frå andre land. Dei viktigaste utsleppskjeldene er industrielle prosessar og bruk av fossilt brensle til energiproduksjon og transport. Petroleumsverksemd og transport og bruk av løysemiddel er dei viktigaste kjeldene til utsleppa av VOC, mens landbruket er hovudkjelda til utslepp av ammoniakk. Resultatområdet omfattar òg internasjonalt arbeid, m.a. oppfølging av Konvensjonen om langtransportert grensekryssande luftforureiningar.

Strategiske mål

Utsleppa av svovel, nitrogenoksid, flyktige organiske sambindingar og ammoniakk skal reduserast, slik at påverknaden av naturen blir halden innanfor kritiske belastningsgrenser (naturen si tolegrense), og slik at mennesket si helse og miljøet ikkje tek skade.

Tabell 15.3 Mål- og indikatortabell for resultatområde 7, underområde Langtransporterte ­luftforureiningar.

Nasjonale mål

Miljøvernforvaltninga sine arbeidsmål

Miljøvernforvaltninga sine resultatindikatorar

7.1. Leie det norske arbeidet under Konvensjonen om langtransportert grensekryssande luftureining.

– Del av økosystem i respektive Noreg og heile avtaleområdet som er verna mot overskriding av tolegrenser for forsuring, bakkenært ozon og overgjødsling.

8. Utsleppa av svoveldioksid (SO 2-utsleppa) skal maksimalt vere 22 000 tonn i 2010, som svarer til 58 % reduksjon i forhold til nivået i 1990.

8.1. Leie arbeidet med å utvikle og implementere ytterlegare verkemiddel.

– Utvikling i nasjonale utslepp. Del av utsleppa som er omfatta av verkemiddel og styrken på verkemidla (kr/eining utslepp) i høve til ulike sektorar.

9. Utsleppa av nitrogenoksid (NO X-utsleppa) skal maksimalt vere 156 000 tonn i 2010, som svarer til 29 % reduksjon i forhold til nivået i 1990.

9.1. Leie arbeidet med å utvikle og implementere ytterlegare verkemiddel.

– Utvikling i nasjonale utslepp. Del av utsleppa som er omfatta av verkemiddel og styrken på verkemidla (kr/eining utslepp) i høve til ulike sektorar.

10. Utsleppa av flyktige organiske sambindingar (VOC-utsleppa) frå heile fastlandet og norsk økonomisk sone sør for 62. breiddegrad skal reduserast med 30 % i høve til 1989-nivå snarast mogleg. I tillegg skal VOC-utsleppa maksimalt vere 195 000 tonn i 2010, som svarer til 35 % reduksjon i høve til nivået i 1990.

10.1. Leie arbeidet med å utvikle og implementere ytterlegare verkemiddel.

– Utvikling i nasjonale utslepp. Del av utsleppa som er omfatta av verkemiddel og styrken på verkemidla (kr/eining utslepp) i høve til ulike sektorar.

11. Utsleppa av ammoniakk (NH 3-utsleppa) skal maksimalt vere 23 000 tonn i 2010, som svarer til utsleppsnivået i 1990.

11.1. Leie arbeidet med å utvikle og implementere ytterlegare verkemiddel.

– Utvikling i nasjonale utslepp. Del av utsleppa som er omfatta av verkemiddel og styrken på verkemidla (kr/eining utslepp) i høve til ulike sektorar.

Nasjonale resultatmål, miljøvernforvaltninga sine arbeidsmål, resultatindikatorar og statusbeskriving

Statusbeskriving

Arbeidsmål 7.1.: Leie det norske arbeidet under ­Konvensjonen om langtransportert grense­kryssande luftforureining.

Noreg er avhengig av omfattande reduksjonar av utslepp i Europa for å løyse miljøproblema som skriv seg frå langtransportert luftforureining. 1. desember 1999 vart det vedteke ein ny protokoll om reduksjon av forsuring, overgjødsling og bakkenært ozon under ECE-konvensjonen om langtransportert grensekryssande luftforureining. 31 statar har underteikna avtala, mellom dei Noreg. Protokollen regulerer landa sine utslepp av svoveldioksid (SO 2), nitrogenoksid (NO x), ammoniakk (NH 3) og flyktige organiske sambindingar (VOC). Pliktene for Noreg i høve til den nye protokollen er reflekterte i dei nasjonale måla. Frå 1985 og fram til i dag har område med forsuringsskadar i Noreg blitt reduserte med meir enn 30 %. Med den nye protokollen vil område med overskridingar av tolegrenser for forsuring bli reduserte med ytterlegare 50-60 %. Likevel vil tolegrensene vere overskridne på ca. 7-8 % av arealet i Noreg i 2010. Miljøeffektane av protokollen i Noreg og i Europa som heilskap er nærare omtalte i St.prp. nr. 87 (1999-2000) Om samtykke til ratifikasjon av ein protokoll av 30. november 1999 til konvensjonen om langtransportert grensekryssande luftforureining av 13. november 1979, som gjeld reduksjon av forsuring, overgjødsling og bakkenært ozon. Stortinget samtykte i at Noreg ratifiserer Gøteborgprotokollen 18. desember 2000.

Arbeidsmåla 8.1.-11.1. Leie arbeidet med å utvikle og implementere ytterlegare verkemiddel i høve til utslepp av svoveldioksid, nitrogenoksid, ammoniakk og flyktige organiske sambindingar.

Utsleppa av SO 2 er fram mot 2010 venta å halde seg stabile på det nivået som er i dag eller bli noko reduserte avhengig av korleis Noreg gjennomfører sine plikter når det gjeld utslepp i høve til Kyotoprotokollen. Noreg vil med dette overhalde den internasjonale plikta for SO 2 frå 1994. For å overhalde plikta i Gøteborgprotokollen innan 2010 må Noreg redusere utsleppa av SO 2 med 24 % i høve til 2000.

FN sin sjøfartsorganisasjon IMO vedtok hausten 1997 eigne reglar om utslepp av m.a. NO X og SO 2 til luft frå skip. Våren 2000 vedtok IMO å etablere Nordsjøen som såkalla SOx-kontroll-område, noko som inneber at skip i dette området berre kan nytte drivstoff med eit svovelinnhald på maksimalt 1,5 % vekteiningar. Dette regelverket har enno ikkje trådt i kraft. Det vart i 2000 innført miljødifferensiering av tonnasjeskatten i forhold til utsleppa av m.a. NO x og SO 2.

Framskrivingar viser at utsleppa av NO x kan ventast reduserte med 11 % i perioden 1990-2010. Ut frå desse framskrivingane av utslepp er Noreg venta å overhalde den internasjonale føresegna for NO x frå 1988. Førebels viser tala at utsleppa av NOx i 2000 var 217.000 tonn. Dette er om lag 12.000 tonn under gjeldande internasjonale forplikting. For å overhalde forpliktinga i Gøteborgprotokollen må Noreg redusere utsleppa av NO x med 28 % i høve til 2000. For NO x-utsleppa er bruken av verkemiddel i dag utforma med utgangspunkt i St.meld. nr. 41 (1994-95) Om Norges politikk mot klimaendringer og utslipp av nitrogenoksider (NO x). Låg-NO x-brennarar blir tekne i bruk ved installering av nye gassturbinar på norsk sokkel der slik teknologi er kommersielt tilgjengeleg. Utsleppa av NOx frå køyretøy er regulerte gjennom køyretøyforskriftene til vegtrafikklova. Krava er skjerpa i tråd med utviklinga av EU sitt regelverk på området. Det vart i 2000 innført differensiert årsavgift på tunge køyretøy etter utsleppa av m.a. NO x. IMO sitt regelverk set krav til NO x-utslepp frå skip som er bygde eller oppgraderte 1. januar 2000 eller seinare.

Utsleppa av VOC har auka med 15 % frå 1990 til i dag. Tal for 2000 tyder førebels på at utsleppa av VOC var om lag 369.000 tonn. Forpliktinga vår under VOC-protokollen av 1991 er 247.000 tonn. For å redusere utsleppa ned til eit nivå som er innanfor vår forplikting blir utslepp av VOC frå lasting av olje på sokkelen no regulerte gjennom utsleppsløyve etter forureiningslova. Noreg har gjennomført eit EU-direktiv om å redusere VOC-utsleppa frå lagring og distribusjon av bensin frå terminalar til bensinstasjonar. For å overhalde forpliktinga i Gøteborgprotokollen må Noreg redusere utsleppa av VOC med 47 % i høve til 2000. Utsleppa av ammoniakk i Noreg har auka med om lag 17 % i perioden 1990-1998. Auken skuldast i hovudsak auka utslepp av ammoniakk frå landbruket og frå personbilar med trevegs katalysator. Det er venta at utsleppa vil endre seg lite fram mot 2010 utan nye tiltak. For å overhalde forpliktinga i Gøteborgprotokollen må Noreg redusere utsleppa av ammoniakk med 15 % i høve til 2000.

Verkemiddel

Finansiering av resultatområde 7, underområde langtransportert luftforureining, blir i hovudsak dekt under kap. 1400.

Regjeringa vil føre vidare Noreg sitt aktive bidrag til det omfattande internasjonale samarbeidet knytt til forsking, utgreiing og kartlegging av problem med luftforureining og oppfølging av eksisterande avtaler. Etter kvart vil det òg vere aktuelt å utvikle nye avtaler. Forskingsprogram under Noregs forskingsråd, og Miljøvern­departementet sitt program «Naturen sine tolegrenser», er sentrale for å leggje grunnlag for slike nye avtaler.

Det blir no arbeidd med ein heilskapleg gjennomgang av bruken av verkemiddel for å oppfylle krava til reduksjonar av utslepp i Gøteborgprotokollen. Dei største utfordringane er knytte til å redusere utsleppa av SO 2 frå prosessindustrien, NO x frå sjøfart og fiske og frå petroleumsverksemda på sokkelen, ammoniakk frå landbruket og VOC frå bøyelasting og lagring av råolje. Regjeringa vil komme tilbake til Stortinget i seinare meldingar med eventuelle endringar i bruken av verkemiddel. Noreg deltek aktivt i arbeidet med å vidareutvikle IMO sitt regelverk om utslepp av m.a. NO x og SO 2 frå skip.

På bakgrunn av forpliktinga i Gøteborgprotokollen har Miljøvernministeren og Prosessindustriens Landsforening inngått ei intensjonsavtale om reduksjonar i svovelutsleppa. Avtala tek utgangspunkt i SFT sin tiltaksanalyse for svovel. Denne konkluderer med at den mest kostnadseffektive måten å oppfylle Noreg si forplikting på er å redusere dei årlege utsleppa av SO 2 frå prosessindustrien med 7.000 tonn. Då avtala vart inngått forplikta prosessindustrien seg til å redusere dei årlege utsleppa av SO 2 med minimum 5.000 tonn. Prosessindustrien skal vidare leggje fram konkrete forslag til korleis ein slik utsleppsreduksjon kan gjennom­førast, og samtidig leggje fram forslag til korleis ein samla reduksjon på 7.000 tonn kan gjennomførast på ein måte som er kost­nads­effektiv for Noreg. Utslepp frå den enkelte verksemda vil bli regulerte i konsesjon frå SFT. Miljøstyresmaktene tek, så langt m.a. forureiningslova gir høve til dette, sikte på å utforme utsleppsløyva slik at det blir mogleg for industrien å oppfylle reduksjonskravet ved å gå saman om å setje i verk felles tiltak som reduserer utsleppa der industrien finn det mest høveleg. Regjeringa fremjar på denne bakgrunnen forslag til Stortinget om at avgifta for utslepp av SO 2 frå bruk av kol og koks og frå raffineria blir fjerna frå 1.1.2002.

For raskast mogleg å oppfylle forpliktinga om 30 % reduksjon i VOC-utsleppa i forhold til 1989, blir det spesielt fokusert på tiltak for å redusere utsleppa frå lasting av råolje. Det er allereie installert anlegg for å gjenvinne VOC ved lasting av olje på Sture-terminalen. Teknologi som skal gjenvinne VOC ved lasting av olje på sokkelen er i ferd med å bli teken i bruk på dei første skipa. Innføring av best tilgjengeleg teknologi på bøyelasteskipa vil venteleg redusere VOC-utsleppa med opptil 80 000 tonn årleg, og dette vil vere det desidert viktigaste enkelttiltaket for å oppfylle Noreg sine forpliktingar til reduksjon.

Noreg er gjennom IPPC-direktivet pålagt å stille krav til bruk av dei beste tilgjengelege teknikkar overfor utslepp av m.a. NO x, VOC og SO 2 frå store industrianlegg. Gjennomføringa av direktivet vil bli sett i samanheng med arbeidet med å overhalde Noreg sine forpliktingar under Konvensjonen om langtransportert, grensekryssande luftforureining.

15.4 Lokal luftforureining

Definisjon og avgrensing

Lokale luftforureiningar gir monalege helse- og trivselsproblem i ei rekkje byar og tettstader i Noreg. I dei største byane blir ein stor del av befolkninga utsett for konsentrasjonar av luftforureining som aukar risikoen for tidlegare død og helseplager, som f.eks. luftvegsinfeksjonar, lungesjukdommar og kreft.

Resultatområdet omfattar arbeidet med å førebyggje og redusere helseskadelege utslepp av dei stoffa som gir redusert luftkvalitet lokalt. Hovudkjeldene til slike utslepp er vegtrafikk og vedfyring, men andre kjelder medverkar òg. Resultatområdet omfattar òg internasjonalt arbeid, med utvikling og oppfølging av EU-direktiv som det mest sentrale.

Strategiske mål

Lokale problem med luftforureining skal førebyggjast og reduserast slik at omsynet til helse og trivsel for menneska blir teke vare på.

Nasjonale resultatmål, miljøvernforvaltninga sine arbeidsmål, resultatindikatorar og statusbeskriving

Statusbeskriving

Arbeidsmål 12.1.-15.1.: Miljøvernstyresmaktene skal medverke til å nå dei nasjonale måla for luftkvalitet ved å syte for reduserte utslepp frå store stasjonære kjelder og miljømessig betra kvalitet på drivstoff og fyringsolje.

Utslepp frå store, stasjonære kjelder fører i dag i svært lita grad til overskriding av dei nasjonale resultatmåla. Det er mogleg at utslepp av svevestøv frå ferrosilsium-industri på enkelte einsidige industristader kan utgjere eit problem. Miljøvernstyresmaktene vil undersøke dette nærare og evt. stille krav til ytterlegare reinsing for å sikre at måla blir nådde.

Tabell 15.4 Mål- og indikatortabell for resultatområde 7 underområde Lokal luftkvalitet.

Nasjonale resultatmål

Miljøvernforvaltninga sine arbeidsmål

Miljøvernforvaltninga sine resultatindikatorar

12. Døgnmiddelkonsen-trasjonen av svevestøv (PM10) skal innan 2005 ikkje overskride 50 mg/m3 meir enn 25 dager per år og innan 2010 ikkje meir enn 7 dager per år.

13. Timemiddelkonsen-trasjonen av nitrogendioksid (NO2) skal innan 2010 ikkje overskride 150 mg/m3 meir enn 8 timar per år

14. Døgnmiddelkonsen-trasjonen av svoveldioksid (SO2) skal innan 2005 ikkje overskride 90 mg/m3.

15. Årsmiddel-konsentrasjonen av benzen skal innan 2010 ikkje overskride 2 mg/m3. som bybakgrunnsverdi.

12.1.-15.1. Miljøvernstyresmaktene skal medverke til å nå dei nasjonale måla for luftkvalitet ved å syte for reduserte utslepp frå store stasjonære kjelder og miljømessig betra kvalitet på drivstoff og fyringsolje.

– Utslepp av svevestøv (PM10), nitrogendioksid (NO2), svoveldioksid (SO2) og benzen frå store stasjonære kjelder.

Verkemiddel

Budsjettmidlar til faglege utgreiingar, forsking og miljøovervaking utgjer eit viktig og nødvendig grunnlag for arbeidet med lokal luftkvalitet, og blir dekte under kap. 1441 og 1410. Resultat frå miljøovervaking blir nytta vidare i utrekningsmodellar, utgreiingar av tiltak og i dose-respons-samanhengar. Budsjettmidla blir òg nytta til å utvikle verktøy og metodar.

Forskrift om grenseverdiar for lokal luftforureining og støy av 30. mai 1997 set krav til gjennomføring av tiltak i dei område som er sterkast belasta av lokal luftforureining. Forskrifta er under revisjon, m.a. for å sikre implementering av nye EU-direktiv i norsk rett. Det vil ha monalege positive helseverknader å overhalde dei nye EU-direktiva. Vidare skal forskrift om svovelinnhald i ulike oljeprodukt av 20. juni 1995 reviderast på bakgrunn av eit nytt EU-direktiv på området.

Plan- og bygningslova er eit viktig verkemiddel i samband med lokal luftforureining, fordi den kan nyttast til å påverke lokaliseringa av utsleppskjeldene, og til å regulere utnyttinga av omkringliggjande areal. Rikspolitiske retningslinjer for samordna areal- og transportplanlegging skal leggjast til grunn for all planlegging og utøving av mynde i kommunar, fylkeskommunar og statlege organ.

15.5 Støy

Definisjon og avgrensing

Støy medfører helseproblem og andre former for redusert livskvalitet, m.a. søvnproblem, fysiologiske verknader og stress, og reduserte høve til å konsentrere seg og kommunisere med andre. Resultatområdet omfattar arbeidet med å førebyggje og redusere dei støyproblem som gir negative helse- og trivselseffektar. Sentralt står òg arbeidet med å fremje stille som miljøkvalitet. Hovudkjelda til støyplager er vegtrafikk, men ei rekkje andre kjelder medverkar òg. Resultatområdet omfattar òg internasjonalt arbeid, med utvikling og oppfølging av EU-direktiv som det mest sentrale.

Strategisk mål

Støyproblem skal førebyggjast og reduserast slik at omsynet til helse og trivsel for menneska blir teke vare på.

Tabell 15.5 Mål- og indikatortabell for resultatområde 7 underområde Støy.

Nasjonale resultatmål

Miljøvernforvaltninga sine arbeidsmål

Miljøvernforvaltninga sine resultatindikatorar

16. Støyplaga skal reduserast med 25 % innan 2010 i forhold til 1999.

16.1 Miljøvern-styresmaktene skal medverke til å nå det nasjonale målet for støy ved å syte for å redusere støyplagene frå industri, motorsport, skytebaner og enkelte produkt.

– Støyplage (SPI) for industri, motorsport, skytebaner og enkelte produkt.

Nasjonale resultatmål, miljøvernforvaltninga sine arbeidsmål, resultatindikatorar og statusbeskriving

Statusbeskriving

Arbeidsmål 16.1.: Miljøvernstyresmaktene skal medverke til å nå det nasjonale målet for støy ved å syte for å redusere støyplagene frå industri, motorsport, skytebaner og enkelte produkt.

Industristøy er den nest største kjelda til støyplage – etter vegtrafikkstøy. Støyplagene frå skytebaner, motorsport og produkt er vesentleg mindre. Miljøvernstyresmaktene vil undersøkje støyutsleppa og støyplaga frå dei ulike kjeldene nærare, og vurdere aktuelle verkemiddel for å redusere desse støyplagene.

Verkemiddel

Budsjettmiddel til faglege utgreiingar, forsking og miljøovervaking utgjer eit viktig og nødvendig grunnlag for arbeidet med støy, og blir dekt over kap. 1441, 1400 og 1410. Miljøovervaking er innhenting av utsleppstal og andre miljødata og blir nytta m.a. i utrekningsmodellar, utgreiingar av tiltak og rapportering av resultat. Budsjettmidlane blir vidare nytta til å skaffe fram eller betre datagrunnlag for å følgje opp støyutslepp og støyplage. Både utgreiingsmidlar og forskingsmidlar vil vere sentrale òg i tida framover for å få etablert og vidareutvikla ein nasjonal støymodell for utrekning av støyplaga på tvers av kjelder. Forskings- og utgreiingsmidlar medverkar vidare til kompetanseoppbygging i dei støyfaglege miljøa og i høgare utdanning.

Forskrift om grenseverdiar for lokal luftforureining og støy av 30. mai 1997 set krav til gjennomføring av forbetringstiltak innan januar 2005 i dei område som er sterkast belasta av støy. Støy frå m.a. industri, motorsport og nye skytebaner er regulert av konsesjonssystemet i forureiningslova. Lova om produktkontroll heimlar støykrav til produkt, og er nytta til å gi forskrifter om m.a. leiketøy, fritidsbåtar m.m.

Plan- og bygningslova er eit viktig verkemiddel i samband med støy, fordi den kan nyttast til å påverke lokaliseringa av støykjeldene, og til å regulere utnyttinga av areal som ligg omkring. Rikspolitiske retningslinjer for samordna areal- og transportplanlegging skal leggjast til grunn for all planlegging og utøving av mynde i kommunar, fylkeskommunar og hos statlege organ. Retningslinjer for respektive vegtrafikkstøy (blir òg nytta for tog), skytebaner og arealbruk i flystøysoner gitt i medhald av lova skal leggjast til grunn for planlegginga.

EU-kommisjonen la fram eit forslag til rammedirektiv for utandørs støy juli 2000. Forslaget til direktiv er framleis til politisk behandling i EU. Fokus er i første rekkje på kartlegging, informasjon og etablering av felles måleeining og målemetodar for støy.

16 Resultatområde 8: Internasjonalt miljøvernsamarbeid og miljøvern i polarområda

Resultatområdet omfattar følgjande underområde:

  • Internasjonalt miljøvernsamarbeid

  • Miljøvern i polarområda

  • Radioaktiv forureining

16.1 Internasjonalt miljøvernsamarbeid

Definisjon og avgrensing

Internasjonalt samarbeid er ein viktig del av miljøvernarbeidet fordi hovudkjeldene til miljøskadar i Noreg i mange tilfelle finst i andre land. I våre nærområde har miljøproblema ofte ein direkte og umiddelbar innverknad på miljøtilstanden i Noreg. På regionalt og globalt nivå er utviklinga internasjonalt heilt avgjerande for norsk miljøtilstand. Dette gjeld m.a klimaendringa, reduksjon av ozonlaget, sur nedbør, miljøgifter og tap av biologisk mangfald. Globaliseringa av verdsøkonomien og Noreg si tilknyting til EU-systemet gjennom EØS og til Verdas handelsorganisasjon (WTO), fører òg til at nasjonal miljøvernpolitikk blir stadig meir påverka av konkurranseomsyn og økonomiske og politiske forhold og avgjersler i andre land og innanfor internasjonale organisasjonar. Det er òg viktig å medverke til berekraftig utvikling og betring av miljøtilstanden i våre nærområde og i u-landa.

Resultatområdet omfattar bilateralt miljøvernsamarbeid med land i Aust-Europa, i hovudsak Russland. Det generelle samarbeidet med land i Sentral-, Søraust- og Aust-Europa er samordna innanfor ramma av Miljø for Europa-prosessen. Samarbeidet i nærområdet går føre seg innanfor ramma av m.a. Nordisk Ministerråd, Barentsrådet og Arktisk Råd. Resultatområdet omfattar òg bilaterale miljøvernavtaler med u-land og integrering av miljøomsyn i norsk bistand. Til resultatområdet høyrer vidare å ivareta norske interesser innanfor det generelle internasjonale miljøvernsamarbeidet, og arbeidet med miljø- og utviklingsproblem innanfor organisasjonar knytte til FN-systemet, og innanfor Verdas handelsorganisasjon (WTO), OECD, EFTA/EØS og Nordisk Ministerråd. Internasjonalt arbeid retta mot dei enkelte miljøutfordringane er dekt under dei andre resultatområda.

Strategiske mål

Internasjonalt miljøvernsamarbeid skal medverke til å skape kontroll over globale miljøproblem, redusere miljøskadar i Noreg som skuldast aktivitetar og utslepp i andre land, sikre ei berekraftig utvikling og betring av miljøtilstanden i våre nærområde og i u-landa, og sikre at internasjonale avtaler og regelverk gir rammevilkår som ikkje svekkjer den nasjonale miljøvernpolitikken

Nasjonale resultatmål, miljøvernforvaltninga sine arbeidsmål, resultatindikatorar og statusbeskriving

Statusbeskriving

Arbeidsmål 1.1. Medverke til oppfølging av ­strategien for berekraftig utvikling i Norden og handlingsprogrammet for det nordiske miljø­samarbeidet 2001-2004.

Strategien for ei berekraftig utvikling i Norden og nærområda vart vedteken av Nordisk Ministerråd i desember 2000 og Nordisk Råd ga si tilslutning i juni 2001. Strategien har eit 20-årsperspektiv, og integrasjon av miljøvernomsyn i sektorpolitikken er eit hovudelement. Vidareutvikling av samarbeidet med Norden sine nærområde med grunnlag i det pågåande miljøvernsamarbeidet i Barentsregionen, Arktis og Østersjø-regionen er lagt vekt på i strategien.

Det nordiske miljøhandlingsprogrammet for perioden 2001-2004 legg grunnlaget for det nordiske samarbeidet på miljøvernområdet og vil vere eit viktig bidrag til oppfølging av strategien. Det nordiske miljøvernsamarbeidet er konsentrert om felles nordiske miljøspørsmål, miljøtiltak i nærområda og saker som dei nordiske landa ønskjer å føre fram i andre internasjonale organ. Det blir rapportert om status og resultat for det nordiske miljøvernsamarbeidet i den årlege stortingsmeldinga om det nordiske samarbeidet. Auka satsing på kulturmiljøarbeid, fokus på berekraftig bruk og vern av genetiske ressursar, og arbeid for å etablere eit forsøksområde for utprøving av dei fleksible mekanismane under Kyoto-protokollen, er eksempel på kva som er oppnådd innan miljøvernområdet i det nordiske samarbeidet.

Arbeidsmål 1.2. Medverke til å betre miljø­situasjonen og sikre natur- og kulturminneverdiane i Noreg sine nærområde i Barentsregionen og i den arktiske regionen.

Nordic Environmental Finance Corporation (NEFCO) er ein sentral samarbeidspartner når det gjeld miljøprosjekt i Norden sine nærområde og har medverka til fleire miljøprosjekt i Russland, under dette prosjekt om avfallsbehandling, vassbehandling og resirkulering i St. Petersburg, energispareprosjekt i Kaliningrad.

Det er sett i gang ei rekkje prosjekt i oppfølginga av den nordiske handlingsplanen for Arktis, under dette effektar av tråling og botnskraping (havområda i nord), overvaking av kulturminne (Grønland og Svalbard), LA 21 i Arktis og prosjekt om miljøundervisning.

Under Arktisk Råd er arbeidet under samarbeidsprogramma ført vidare. Vidare er det sett i gang eit nytt prosjekt «Arctic Climate Impace Assessment – ACIA» jf. resultatområde 7.

Tabell 16.1 Mål- og indikatortabell for resultatområde 8 underområde Internasjonalt ­miljøvernsamarbeid.

Nasjonale mål

Miljøvernforvaltninga sine arbeidsmål

Miljøvernforvaltninga sine resultatindikatorar

1. Samarbeidet i Norden, i Noreg sine nærområde og i den arktiske regionen skal medverke til å betre miljøsituasjonen og sikre natur- og kulturminne-verdiane i desse områda, og til å redusere og førebyggje grenseoverskridande forureining som kan påverke miljø, helse eller næringsverksemd i Noreg.

1.1. Medverke til oppfølging av strategien for berekraftig utvikling i Norden og handlings-programmet for det nordiske miljøsamarbeidet 2001-2004

1.2. Medverke til å betre miljøsituasjonen og sikre natur- og kulturminne-verdiane i Noreg sine nærområde i Barentsregionen og i den arktiske region.

– Oppfølging av strategien og handlingsprogrammet

– Prosjekt som er sette i gang i NMR sin handlingsplan for natur- og kulturmiljøvern i Arktis.

– Aktivitetar som er sette i gang i arbeidsgruppene under Arktisk Råd.

– Implementering av Arktisk Råd sin handlingsplan for å redusere/eliminere forureining i Arktis.

– Framdrift m.o.t. måla i handlingsplanen under Barentssamarbeidet.

– Framdrift m.o.t. LA 21-arbeid og auka kommune til kommune-samarbeid.

– Utarbeide og iverksetje informasjonsplan.

2. Samarbeid og bistand skal medverke til å setje styresmakter og næringsliv i Russland og i dei baltiske republikkane betre i stand til å få forsvarleg kontroll over landa sine eigne miljøproblem, og til å integrere Russland si miljøvernforvaltning i regionalt samarbeid.

2.1. Særleg merksemd mot oppfølging av moderniserings-prosjektet i nikkelverket i Petsjenga, styrking av miljø-kompetansen i forvaltning og industri og implementering av tiltak slik at grense-overskridande forureining blir redusert. Økt fokus på biomangfald og kulturminne i Nordvest-Russland.

– Modernisering av nikkelverket i Petsjenga.

– Påvist reduksjon av forureining frå industri/ forureinande verksemd

– Talet på deltakarar og kurs i miljøforvaltning og miljøstyring. Økonomisk og miljømessig vinst i bedrifter som har gjennomført Program for Reinare produksjon.

– Betre standard på russisk oljevernberedskap i nord.

– Russisk tilslutning til OSPAR-standardar.

– Prosjekt i Nordvest-Russland med økonomisk støtte frå NEFCO og NIB.

– Prosjekt med norsk samarbeidspartnar.

– Auka tal på verna område som er viktige for biologisk mangfald. Talet på registerte og restaurerte kulturminne.

3. Noreg skal arbeide for at EØS-regelverket ikkje svekkjer norske miljøvernreglar eller høvet til å skjerpe desse, og at EØS-regelverket tek nødvendige omsyn til norsk vernenivå og norske naturforhold.

3.1. Påverke utforminga av politikken på miljøområdet i EU.

3.2. Sikre ei effektiv gjennomføring i norsk lovverk av EU-rettsakter som blir sett på som relevante og akseptable.

– Talet på norske synspunkt/merknader sendt/overleverte EU

– Talet på gjennomførte/ innlemma rettsakter innanfor overvaknings-organet (ESA) sine fristar.

4. Noreg skal arbeide for at rammevilkåra for handel og miljø innanfor WTO medverkar til ei berekraftig utvikling.

4.1. Medverke til at miljøkonsekvensar blir analyserte og miljøomsyn integrerte i forhandlingane i WTO og i regelverket.

– Evaluering av resultata frå kommande forhandlingsrunde.

5. Globale og regionale samarbeidsorgan skal utviklast til effektive reiskap for berekraftig utvikling, for å oppnå globale og regionale miljømål og for effektiv oppfølging av internasjonale miljø-konvensjonar.

5.1. Medverke til at OECD integrerer miljøomsyn i sitt arbeid og utarbeider analysar og retningslinjer som kan fremje ei berekraftig utvikling

5.2. Vidareutvikle det regionale miljøsamarbeidet i Europa, innan UNECE med spesiell vekt på «Miljø for Europa»-prosessen.

5.3. Medverke til betre organisering av internasjonalt miljøvernarbeid og implementering av internasjonale konvensjonar.

5.4. Støtte prosessene fram mot og delta aktivt på toppmøtet om berekraftig utvikling i Johannesburg i 2002 og følgje opp CSD sitt arbeidsprogram.

– Fortløpande vurdering basert på relevante dokument.

– Evaluere i samband med førebuingane til neste miljøvernministermøte i Kiev i 2003.

– Delta i FN-gruppa for styrking av den internasjonale miljøforvaltninga og medverke til gruppa sin rapport.

– Evaluere i samband med miljøministermøtet i 2002.

6. Miljøomsyn skal integrerast i norsk utviklingsarbeid. Miljøretta bistand og anna samarbeid med utviklingsland skal medverke til å styrkje miljøvernforvaltninga og betre miljøtilstanden i samarbeidslanda og til å førebyggje globale miljøproblem.

6.1. Medverke til å vidareutvikle og følgje opp det bilaterale miljøvernsamarbeidet mellom Noreg og respektive Indonesia, Kina, Sør-Afrika og andre sentrale samarbeidsland.

6.2. Medverke til å vidareutvikle miljøforvaltninga sine fagsenter for miljøbistand.

– Statusgjennomgang av miljøvernsamarbeidet på dei årlege møta.

– Gjennomføring av årsprogram jf. avtale med NORAD.

– Gjennomføring av utvekslingsordninga mellom miljøvern-forvaltninga og NORAD.

Saman med lokalt og regionalt miljøvernsamarbeid i Barentsregionen utgjer arbeidet under den bilaterale miljøkommisjonen det viktigaste bidraget frå norsk side til Barentssamarbeidet på miljøområdet. Under formannskapsperioden for Barentsrådet – miljø, som gjekk fram til hausten 2001, la ein frå norsk side vekt på å implementere handlingsprogrammet for miljøvern og berekraftig utvikling. Prioriterte område har vore å utvikle og gjennomføre tiltak som reduksjon av forureining, vern av biologisk mangfald, berekraftig bruk av naturressursar, vern av kulturminne, utvikling av russisk regional miljøvernforvaltning og NGO-samarbeid. Tiltak som har å gjere med befolkninga si helse, kulturelle band og naturgrunnlag har blitt spesielt prioriterte. Ein har vidare søkt å utvikle samarbeid innan energi- og helsesektoren. Det har blitt lagt stor vekt på å stimulere til og styrkje det regionale og lokale folk til folk-samarbeidet som eit fundament for Barentssamarbeidet. Samarbeid mellom urbefolkningar har fått spesiell merksemd. Sverige overtok formannskapet i Barentsrådet – miljø hausten 2001.

Arbeidsmål 2.1. Særleg merksemd mot oppfølging av moderniseringsprosjektet i nikkelverket i ­Petsjenga, styrking av miljøkompetansen i ­forvaltning og industri og implementering av tiltak slik at grenseoverskridande forureining blir ­redusert. Auka fokus på biomangfald og kulturminne i Nordvest-Russland.

Tre område har hovudprioritet: det grensenære miljøsamarbeidet, natur- og kulturforvaltning i Kenozero, og vern av dei nordlege havområda. Samarbeid på klima- og energiområdet er òg høgt prioritert. Når det gjeld grensenære område står arbeidet med modernisering av nikkelverket i Petsjenga sentralt. Det gjeld òg samarbeid med miljøvernforvaltninga om oppfølging av dette prosjektet. Når det gjeld vern og bruk av naturressursar og biologisk mangfald, har den norsk-russiske gruppa for biodiversitet eit koordinert samarbeid med Sverige og Finland om prosjekt i Russland. Fylkesmannen i Finnmark samarbeider med miljøvernstyresmaktene i Murmansk om forvaltning av det felles verneområdet i Pasvik. På kulturminneområdet har objekt på UNESCO-lista og samarbeid om kulturminne i grenseområda stått sentralt. Dei fleste store industrikombinata i Barentsregionen har delteke i program for reinare produksjon og dei første investeringsprosjekta er no godkjende under NEFCO-fondet for reinare produksjon. Det er starta arbeid med sertifisering av ei mekanisk bedrift etter miljøsertifiseringssystemet ISO 14001, og det blir halde introduksjonsseminar om temaet for russiske bedrifter. Vidare er det starta eit arbeid med å utvikle og etablere eit system for miljøovervaking av radioaktivitet og andre miljøgifter i dei nordlege havområda. Dette programmet skal integrerast i det nasjonale overvakingsprogrammet. Ei norsk-russisk gruppe for oljevernberedskap har starta eit arbeid om vurdering av framtidig beredskap knytt til kommande petroleumsaktivitet og petroleumstransport på norsk og russisk sokkel.

Ei internasjonal gruppe av eksperter meiner at dei planane som ligg føre for modernisering av nikkelverket i Petsjenga, vil redusere utsleppa av SO2 med minst 90 % og utsleppa av tungmetall til luft med minst 90 %. Alle sentrale føresetnader knytte til moderniseringsprosjektet er no på plass. Dei sentrale avtalene knytte til det norske tilskotet blir venteleg undertekna i oktober 2001. Det er planlagt å sette prosjektet i gang i 2001.

Arbeidsmål 3.1. Påverke utforminga av politikken på miljøområdet i EU.

I Europa er EU vår viktigaste samarbeidspartner. EØS-avtala er den primære ramma og innfallsporten til samarbeidet med EU. EØS-avtala blir stadig meir omfattande ettersom nye rettsakter kjem til i avtala. Avtala sin innverknad for norsk politikk aukar tilsvarande.

Regjeringa følgjer kontinuerleg med i utforminga av politikken i Kommisjonen og Rådet. Rådet har vedteke felles haldning for det 6. miljøhandlingsprogrammet. Programmet har 4 hovudsatsingsområde: klima, helse og miljø, biologisk mangfald og berekraftig ressursforvaltning. Frå norsk side har ein følgt utarbeidinga av programmet. Hovudtrekka i programmet samsvarar godt med norsk miljøvernpolitikk.

Det er utarbeidd ein strategi for berekraftig utvikling som vart behandla i Det europeiske råd i juni 2001. Denne vil vere Fellesskapet sitt bidrag til FN-toppmøtet i Johannesburg (Rio+10) i 2002. Kommisjonen er i ferd med å utarbeide eit regelverk for ansvar ved miljøskadar. Direktiv for miljøinformasjon og allmenn deltaking i avgjerdsprosessar er til behandling i Rådet. Regjeringa vil prioritere å få innverknad på dei sakene som er viktige for Noreg, som f.eks. på klimaområdet og på område der Noreg har eit regelverk som tek betre omsyn til helse, miljø og tryggleik (f.eks. kjemikaliefeltet og genteknologi).

Arbeidsmål 3.2. Sikre ei effektiv gjennomføring i norsk lovverk av EU-rettsakter som blir sett på som relevante og akseptable.

Det er lagt stor vekt på å sikre ei rask og effektiv gjennomføring i norsk lovverk av EU-rettsakter som blir sett på som relevante og akseptable. Av aktuelt regelverk kan nemnast: overvaking og kontroll av avfallstransportar, reduksjon av utslepp av flyktige organiske sambindingar frå industriprosessar og avgrensing i bruk av farlege stoff og preparat.

Arbeidsmål 4.1. Medverke til at miljøkonsekvensar blir analyserte og miljøomsyn integrerte i ­forhandlingane i WTO og i regelverket.

Forhandlingar som pågår i Verdas Handelsorganisasjon (WTO) og som omfattar områda landbruk, tenester og intellektuelle eigedomsrettar og eventuelle nye tema i samband med ein ny runde, som m.a marknadstilgang, investeringar, konkurransepolitikk m.v., vil kunne gi verknader for både miljøtilstanden og val av verkemiddel i miljøvernpolitikken. Noreg legg vekt på at miljøomsyn skal integrerast i WTO-forhandlingane og i handelsregelverket, for å sikre at handelssystemet medverkar til berekraftig utvikling. Det er vidare lagt vekt på at miljøkonsekvensar blir vurderte både m.o.t. miljøtilstanden og bruken av verkemiddel for dei sektorane som blir ytterlegare liberaliserte. Vurderingar av miljøkonsekvensar er starta i første omgang på områda landbruk, fiskeri og transporttenester. Desse vil inngå i grunnlaget for vidare utforming av norske posisjonar.

Arbeidsmål 5.1. Medverke til at OECD integrerer miljøomsyn i arbeidet sitt og utarbeider analysar og retningslinjer som kan fremje ei berekraftig utvikling.

OECD arbeider aktivt for å styrkje den tverrfaglege integreringa av miljøomsyn i organisasjonen si samla verksemd. Berekraftig utvikling er nedfelt som ei sentral målsetjing for heile OECD-området. Eit tverrsektorielt treårig prosjekt for berekraftig utvikling munna ut i ein rapport til eit møte for finans- og miljøvernministrane i mai 2001. Rapporten gir eit praktisk rammeverk for utforming av politikk som fremjar berekraftig utvikling m.a ved å føreslå ei rekkje tiltak for å få marknadskrefter til å verke for berekraftig utvikling, styrkje avgjerdsprosessar, utnytte tilgjengeleg vitskap og teknologi og å handtere koplingar til den globale økonomien. I rapporten er det spesielt fokusert på klimaendringar og forvaltning av naturressursar, to område der risikoen for ei utvikling som ikkje er berekraftig blir sett på som spesielt høg.

Miljøvernministrane vedtok i mai 2001 ein miljøvernstrategi for dei neste 10 åra som gir målsetjingar for OECD-landa sin miljøpolitikk og nasjonale tiltak for å nå desse. Dei fem overordna målsetjingane er: å halde oppe integriteten i økosystema, kople økonomisk vekst vekk frå det å forringe miljøet, bruke indikatorar til å måle framsteg og betre informasjonsgrunnlaget for avgjerder, betra livskvalitet, og styrkt internasjonal miljøstyring og samarbeid. For kvar av målsetjingane er oppgitt dei viktigaste utfordringane, nasjonale tiltak for å møte utfordringane, indikatorar til å måle framsteg og forslag til OECD sitt vidare arbeid. Prioriteringane, både i berekraftprosjektet og i miljøvernstrategien, samsvarer godt med norsk miljøvernpolitikk.

Arbeidsmål 5.2. Utvikle vidare det regionale miljøsamarbeidet i Europa, innan UNECE med spesiell vekt på «Miljø for Europa-prosessen».

«Miljø for Europa-prosessen» går føre seg som ein brei samarbeidsprosess som involverer ECE-landa, internasjonale organisasjonar (særleg OECD, ECE, UNEP, WHO og Europarådet), internasjonale finansieringsinstitusjonar (særleg EBRD, Verdsbanken og NEFCO) og ikkje-statlege organisasjonar. Det blir lagt vekt på å styrkje eksisterande konvensjonsarbeid, utarbeide nye konvensjonar og protokollar, styrkje miljøvernforvaltninga og finansiere miljøvernprosjekt i dei sentral-, søraust-, og austeuropeiske landa, og å styrkje offentleg deltaking i avgjerdsprosessar som kan påverke miljøet. Spesiell vekt vil i denne perioden bli lagt på miljøvernproblem i dei tidlegare sovjetrepublikkane og i statane på Balkan.

Arbeidsmål 5.3. Medverke til betre organisering av internasjonalt miljøvernarbeid og implementering av internasjonale konvensjonar.

FN sitt miljøvernprogram UNEP har sentrale funksjonar for overvaking- og analyse og tek initiativ til forhandlingsprosessar om miljøvernavtaler. Det er i dag brei internasjonal semje om at UNEP må styrkjast. Dette føreset ei adekvat, planmessig og stabil finansiering. I regi av UNEP er det etablert ei ministergruppe som skal komme med anbefalingar om korleis ein kan styrkje internasjonal forvaltning på miljøområdet. Ministergruppa sine anbefalingar skal leggjast fram på det globale miljøvernministermøtet i februar 2002 og vil leggje viktige premissar for m.a drøftingane på FN-toppmøtet om berekraftig utvikling i Johannesburg i september 2002. Departementet medverka aktivt i arbeidet for berekraftig forvaltning av genressursar på internasjonalt nivå, inklusive FAO-forhandlingar om landbruksgenetiske ressursar og prosessar kopla opp mot patentvern av bioteknologiske ressursar.

Arbeidsmål 5.4. Støtte prosessane fram mot og delta aktivt på toppmøtet om berekraftig utvikling i Johannesburg i 2002 og følgje opp CSD sitt arbeidsprogram.

FN-toppmøtet om berekraftig utvikling skal haldast i september 2002 i Johannesburg i Sør-Afrika. Den nasjonale førebuingsprosessen er starten for å identifisere viktige saker for Noreg til møtet. Eit ledd i dette er den utlyste visjonskonkurransen blant norsk ungdom. Det har nyleg vore halde eit regionale førebuande ministermøte i Genève.

Arbeidsmål 6.1. Medverke til å vidareutvikle og ­følgje opp det bilaterale miljøvernsamarbeidet ­mellom Noreg og respektive Indonesia, Kina, Sør-Afrika og andre sentrale samarbeidsland.

Den andre programperioden (2000-2004) i miljøvernsamarbeidet mellom Noreg og Sør-Afrika er komme godt i gang, og dei fleste miljøprosjekta er no under implementering. Strategiske konsultasjonar mellom dei to miljøverndepartementa både på politisk og administrativt nivå inngår som ein viktig del av avtala, og det har vore arrangert to slike møte i løpet av året.

Det tredje arbeidsprogrammet i miljøvernsamarbeidet mellom Indonesia og Noreg vart avslutta i 2000. I 2001 underteikna dei to landa eit «Letter of Intent» om ei vidareføring av miljøvernsamarbeidet i 2001-2004 innanfor ei økonomisk ramme på NOK 20 mill.

Miljø er prioritert i samarbeidet mellom Kina og Noreg. Det har vore ein tett miljøpolitisk dialog om det internasjonale miljøvernarbeidet. Vidare omfattar det bilateralt samarbeid, teknisk assistanse og institusjons- og kapasitets-bygging.

Arbeidsmål 6.2. Medverke til å vidareutvikle miljøforvaltninga sine fagsenter for miljøbistand.

I løpet av dei siste to åra har NORAD inngått rammeavtaler med 7 miljøfagsenter: Miljøverndepartementet, Direktoratet for naturforvaltning, Statens forureiningstilsyn, Riksantikvaren, Statens kartverk, Noregs Landbrukshøgskole og Havforskingsinstituttet. Fagsentra skal vere ein kompetansebase for NORAD innan miljøbistand, og skal stille til rådvelde sin fagkompetanse innanfor dei fagområde og arbeidsfelt dei er ansvarlege for i statsforvaltninga. Fagsentra arbeider òg for å etablere eit nærmare institusjonelt samarbeid med søsterorganisasjonar i utviklingsland. Her blir det fokusert på å byggje opp kapasitet i miljøforvaltninga og å medverke konstruktivt til implementering av internasjonale miljøavtaler.

Verkemiddel

Resultatområde 8 – underområda internasjonalt miljøvernsamarbeid, miljøvern i polarområda og radioaktiv forureining finansierast hovudsakleg på kap. 1400, 1410 og 1471.

Drifta av det bilaterale miljøsamarbeidet med Russland og Baltikum blir finansiert over kap. 1400 post 21, mens prosjektsamarbeidet og støtte til NEFCO sitt miljøutviklingsfond blir finansiert med midlar frå kap. 0197 post 70 – Tilskot til tiltak innan atomtryggleik og samarbeidsprogrammet med Sentral- og Aust-Europa blir finansiert over Utanriksdepartementet sitt budsjett. Årleg løyving til NEFCO sin grunnkapital er delt mellom Miljøverndepartementet og Utanriksdepartementet.

Det nordiske miljøfondet som er administrert av NEFCO blir brukt åleine eller saman med NEFCO sine ordinære investeringsmidlar til å iverksetje miljøprosjekt i Nordvest-Russland og dei baltiske statane. Det gjeld særleg prosjekt det elles har vist seg vanskeleg å få realisert. Når det gjeld dei baltiske landa, skal investeringane føre til at EU sine direktiv og HELCOM sin anbefalingar på miljøområdet blir oppfylte der dette er relevant. Viktige prosjektområde er energi- og klimatiltak, reinare teknologi, rehabilitering av vass- og avløpsverk og reduksjon av diffuse utslepp frå landbrukssektoren.

Miljøverndepartementet sitt viktigaste verkemiddel i samarbeidet med Russland er den bilaterale miljøkommisjonen, dei fem arbeidsgruppene under kommisjonen og to program (reinare produksjon og miljøforvaltning). Det regionale miljøvernsamarbeidet mellom Finnmark fylke og Murmansk fylke rapporterer òg til miljøvernkommisjonen. Miljøvernkommisjonen møtest årleg og vedtek arbeidsprogramma for to år av gongen. Lokale og regionale samarbeidstiltak og tiltak under den bilaterale miljøkommisjonen utgjer eit vesentleg bidrag frå norsk side til Barentssamarbeidet på miljøområdet.

Arktisk Råd vart formelt oppretta 19. september 1996 i Ottawa av dei fem nordiske land, Russland, USA og Canada. I tillegg møter som faste medlemmer, men utan stemmerett, representantar frå The Inuit Circumpolar Conference, Samerådet og The Association of Indigenous Minorities of the North, Siberia and the Far East of the Russian Federation. Hovudformålet med Arktisk Råd er å fremje samarbeid, koordinering og samhandling mellom landa i felles arktiske saker på ei rekkje område. Sekretariatet for Arktisk Råd roterer blant landa.

Under det norske formannskapet i det nordiske regjeringssamarbeidet i 2002 vil oppfølginga av den nordiske strategien for berekraftig utvikling og miljøhandlingsprogrammet få ein sentral plass. I oppfølginga av strategien, er det avgjerande at dei ansvarlege sektorane medverkar. Viktige innsatsområde vil vere havmiljø og kystkultur, biologisk mangfald og genetiske ressursar, berekraftig byutvikling, informasjon og medverknad i Norden og nærområda og forskingssamarbeid på klimaområdet.

På EU/EØS-området er møte med EU-formannskap og med sentrale EU-land, Nordisk Ministerråd og nordiske «frukostmøte» i forkant av miljøvernministermøta i EU dei sentrale verkemidla på politisk plan. Noreg deltek òg i EU-møte på departementsrådsnivå (EPRG) og i ca. 30 ekspertgrupper på miljøområdet. Miljøverndepartementet har lånt ut ein person til det svenske miljøverndepartementet for å styrkje kontakten med EU sitt miljøarbeid. På nasjonalt plan blir det halde informasjonsmøte med frivillige organisasjonar og partane i arbeidslivet, og relevante saker blir sende på høyring til aktuelle partar. Det blir arbeidd med å betre tilgangen til informasjon for eksterne aktørar og auka deltaking i dei førebuande EU/EØS-prosessane.

Utvikling av nye uformelle kanalar for å oppretthalde ein sterk innverknad på utforming av ny politikk i EU er eit viktig verkemiddel frå norsk side. Sidan Europaparlamentet har fått auka makt og innverknad i EU sine avgjerdsprosessar, vil det bli lagt vekt på å auke kontakten og dermed høvet til å øve innverknad overfor Europaparlamentet i saker der Noreg har spesielle interesser og der Noreg har noko å bidra med i europeisk samanheng. Klimaområdet og område der Noreg har eit regelverk som tek meir omsyn til helse, miljø og tryggleik (f.eks. kjemikaliefeltet og genteknologi) vil bli prioriterte i kontakten med EU.

Noreg gjennomfører fortløpande nye rettsakter på miljøvernområde som er aktuelle å innlemme i EØS-avtala. Det vil bli prioritert å gjennomføre vedtekne EU-rettsakter som m.a bilvrak, forvaltning av vassressursane og på områda bioteknologi og kjemikaliar. Når det gjeld andre direktiv som er under forhandling i Europaparlamentet og i Rådet, under dette reglar om tilgang til miljøinformasjon, allmenn deltaking i avgjerdsprosessar og nye reglar på området luftkvalitet, vil Regjeringa løpande vurdere behovet for norske merknader og førebu gjennomføring i norsk rett.

Ei langsiktig oppbygging av miljøvernforvaltninga i landa i Sentral-, Søraust og Aust-Europa er ei prioritert oppgåve for å kunne oppnå miljøforbetringar og leggje til rette for ei berekraftig utvikling. Regjeringa har m.a. lagt fram ein handlingsplan for auka kontakt og samarbeid mellom Noreg og søkjarlanda til EU. Miljø og berekraftig utvikling er eitt av hovudsatsingsområda i handlingsplanen som gjeld for perioden 2001-2006. Regjeringa vil medverke til at miljøbistand for m.a implementering av miljøkonvensjonar blir styrkt i Verdsbanken, UNESCO, UNEP, UNDP, WHO og andre.

Regjeringa vil følgje opp vidareføringa i UNEP av arbeidet med ei FN-reform på miljøområdet, m.a gjennom å delta aktivt i den pågåande mellomstatlege forhandlingsprosessen på ministernivå, der ein skal komme fram til forslag om korleis den internasjonale miljøforvaltninga kan styrkjast. I denne samanhengen vil ein særleg leggje vekt på å utvikle mekanismar som sikrar FN ei meir effektiv og heilskapleg tilnærming til miljøvern, m.a gjennom vidare å styrkje UNEP si rolle som sentral FN-autoritet på miljøspørsmål inklusive styrkt og meir planmessig finansiering, styrking av UNEP si koordineringsrolle overfor miljøkonvensjonane og betre koordinering mellom dei ulike konvensjonane på miljøområdet.

Ei sentral utfordring er etter norsk syn å dra nytte av den pågåande globaliseringa i kampen mot fattigdom og for bevaring av miljøet og den produktive kapasiteten i naturressursane. Noreg vil framleis prioritere arbeidet med berekraftig produksjon og forbruk. Noreg vil òg leggje stor vekt på å trekkje det sivile samfunnet og næringslivet aktivt og på ein forpliktande måte med i prosessen fram mot og i oppfølginga av toppmøtet i Johannesburg. Regjeringa vil arbeide for at CSD blir ein global møteplass der landa – i samarbeid med private aktørar – utviklar globalt politisk engasjement for å møte framtida sine utfordringar i arbeidet med berekraftig utvikling. Regjeringa vil arbeide for ein meir målretta kommisjon og om nødvendig for å endre CSD sitt arbeidsprogram og -metodar. Som ledd i dei politiske førebuingane samarbeider departementet òg med Oslo kommune om den europeiske konferansen av miljøbyar som ICLEI (International Council for Local Environmental Initiatives) vil halde i februar 2002. Dette vil involvere politiske og administrative leiarar frå byar over heile Europa. Informasjon vil vere eit viktig verkemiddel for å vekkje interesse og auke kunnskapen om berekraftig utvikling.

Det globale miljøfondet (Global Environment Facility: GEF) finansierer dei globale miljøavtalene. GEF vart oppretta for å dekkje tilleggskostnadene ved tiltak som gir globale miljøfordelar innanfor områda vern av biologisk mangfald, klima, ozon, internasjonale vasspørsmål og ørkenspreiing . For inneverande fireårsperiode disponerer GEF ca. 2.7 mrd. USD. Fondet har nyleg vedteke retningslinjer for bruk av midlar til støtte for den globale miljøgiftavtala (POP-avtala).

Strategien for miljøretta utviklingssamarbeid 1997-2005 framhevar satsingsområde som berekraftige produksjonssystem, berekraftig bruk og vern av biologisk mangfald, redusert forureining, kulturminnevern og forvaltning av dei kulturelle verdiane i naturmiljøet, og strategien er eit viktig dokument for å sikre integrasjon av miljøomsyn i norsk bistand. Miljøverndepartementet medverkar på ulike måtar til å styrkje miljøintegrasjonen i det norske utviklingssamarbeidet. Dokumentet Utvikling, fattigdom og miljø: Miljøpolitiske prioriteringer 2001-2005 gir føringar for implementering av strategien. Dei bilaterale miljøvernavtalene opnar for eit nært miljøpolitisk og fagleg samarbeid mellom miljøverndepartementa i Noreg og respektive Kina, Indonesia og Sør-Afrika, og gir ein god arena for miljøpolitiske samtaler av både nasjonal og global karakter. Vidare er dei nyoppretta miljøfagsentra sentrale miljørådgivarar for NORAD og samarbeidspartnerar i fleire utviklingsland. Utvekslingsordninga mellom NORAD og miljøforvaltninga (1999-2002) har ført til ei gjensidig styrking av den bistands- og miljøfaglege forståinga i organisasjonane. Det kan òg nemnast at det frå norsk side gis støtte til at u-land kan delta i sentrale internasjonale miljøprosessar og møte.

16.2 Miljøvern i polarområda

Definisjon og avgrensing

På Svalbard og i Antarktis forvaltar Noreg nokre av dei siste store områda på jorda med relativt urørt natur. Dei urørte naturområda i verda blir raskt reduserte i omfang. Slike område har stor eigenverdi, er viktige for bevaring av det biologiske mangfaldet, og har aukande verdi både for opplevingar og som referanseområde for miljøovervaking og miljøvernforsking. Innanfor dei norske polarområda er hovudutfordringa å unngå at utnyttinga av dei levende ressursane i havet, petroleumsverksemd og bergverksdrift, eller den raskt aukande turismen og forskingsaktiviteten blir eit trugsmål mot det biologiske mangfaldet, dei urørte naturområda og kulturminna. Forureinande utslepp frå kjelder utanfor polarområda, som f.eks. klimagassar, ozonreduserande stoff, miljøgifter og faren for utslepp av radioaktive stoff, er òg eit trugsmål mot miljø og livsgrunnlaget i desse områda. Resultatområdet omfattar arbeidet med alle miljøutfordringane på Svalbard, Jan Mayen og i Barentshavet, og dei norske bilanda i Antarktis og Antarktis-samarbeidet.

Strategiske mål

Dei store, samanhengande villmarksområda på Svalbard og i Antarktis skal saman med kulturminna sikrast mot vesentlege inngrep og påverknader. Svalbard skal framstå som eitt av dei best forvalta villmarksområda i verda, og busetnadene skal drivast på ein miljøforsvarleg måte for å sikre miljø og trivsel. Noreg skal arbeide for at Barentshavet blir teke vare på som eitt dei reinaste havområda i verda, og at ressursutnyttinga går føre seg innanfor rammer som sikrar at det biologiske mangfaldet blir halde oppe på kort og lang sikt.

Nasjonale resultatmål, miljøvernforvaltninga sine arbeidsmål, resultatindikatorar og statusbeskriving

Statusbeskriving

Arbeidsmål 7.1. Styrkje kunnskapen om dei marine økosystema.

Departementet starta i 2001 eit nytt forskingsprogram i regi av NFR spesielt retta mot effektane av klimaendringane på økosystema i havområda i nord.

Arbeidsmål 8.1. Avgrense den menneskelege påverknaden på bestandsutviklinga hos utvalde arter.

Ei rekkje tiltak er sette i verk, inkludert vern av område og arter, og dette har medverka til at naturmiljøet er godt bevart, og til at ei rekkje dyrebestandar som tidlegare var truga som følgje av for sterk utnytting, i dag er restituerte eller i vekst, som m.a svalbardrein, kvalross og isbjørn.

Tabell 16.2 Mål- og indikatortabell for resultatområde 8 underområde Miljøvern i polarområda.

Nasjonale mål

Miljøvernforvaltninga sine arbeidsmål

Miljøvernforvaltninga sine resultatindikatorar

7. Utnytting av ressursane i Barentshavet skal ikkje føre til at arter eller bestandar blir truga eller utrydda.

7.1. Styrkje kunnskapen om dei marine økosystema.

– Forskings- og registreringsprosjekt som er sette i gang.

– Framlagde resultat/ publikasjonar.

– Storleiken på utvalde marine bestandar og ICES sine kvoteanbefalingar.

8. Bestandar av arter som i dag er rekna som truga eller på annan måte negativt påverka av arealbruk, hausting og/eller forureining skal takast vare på og om mogleg byggast opp att.

8.1. Avgrense den menneskelege påverknaden på bestandsutviklinga hos utvalde arter.

– Bestandsstatus for utvalde arter.

– Talet på arter som har endra status på raudlista for Svalbard og Jan Mayen.

9. Omfanget av saman-hengande villmarksområde på Svalbard skal søkjast oppretthalde. Eit representativt utval av natur på Svalbard skal sikrast mot vesentlege inngrep og påverknad gjennom særskilde vernevedtak innan år 2002. Viktige marine naturverdiar rundt Svalbard skal sikrast.

9.1. Styrkje områdevernet på Svalbard og bevare omfanget av villmarksprega naturområde utanfor verneområda.

– Omfanget av urørt villmark på Svalbard.

– Fråvær av gjennomgåande «linjeinngrep».

– Områdevernet sin representativitet og vernestatus.

– Talet på verneområde der vernevedtektene er oppgradert.

– Omfanget av område med vernestatus.

– Iverksette verne- og forvaltningstiltak i marine område innan år 2005.

10. Eit representativt utval av kulturminne på Svalbard og Jan Mayen skal søkjast bevart som eit vitskapeleg kjeldemateriale og eit grunnlag for opplevingar for framtidige generasjonar. Tapet av kulturminne som følgje av menneskeleg verksemd skal i gjennomsnitt ikkje overstige 0,1 % årleg.

10.1. Avgrense menneskelege skadeverknader på og bevare kulturminne og kulturmiljøet.

– Talet på og omfang av registrerte kulturminne og kulturmiljø.

– Gjennomsnittleg, årleg tap av kulturminne i %.

– Gjennomføring av tiltak i medhald av kulturminneplanen for Svalbard og miljøhandlingsplanen for Jan Mayen innan respektive 2002 og 2005.

11. Transport og ferdsel på Svalbard skal ikkje medføre vesentlege eller varige skadar på vegetasjonen eller forstyrre dyrelivet. Høva til å oppleve naturen uforstyrra av motorisert ferdsel skal sikrast òg i område som er lett tilgjengelege frå busetnadene.

11.1. Avgrense og styre ferdsla på Svalbard.

– Omfanget av motorisert ferdsel på Svalbard.

– Geografisk utstrekning av snøscooterfrie område.

– Ferdselsslitasje i utvalde område.

Arbeidsmål 9.1. Styrkje områdevernet på Svalbard og bevare omfanget av villmarksprega naturområde utanfor verneområda.

Forslag til nye verneområde og ei konsekvensutgreiing er under utarbeiding og vil seinare bli sendt på høyring. Sidan det er samanheng mellom forskrifter som blir fastsette i medhald av miljølova for Svalbard og verneføresegnene i verneplanen er det naturleg at forskriftene blir høyrde først. Det vil skje hausten 2001.

Arbeidsmål 10.1. Avgrense menneskelege skadeverknader på og bevare kulturminne og kultur­miljøet ved gjennomføring av tiltak

Det er sett i verk overvaking av slitasje på kulturminne, og det er gjennomført tiltak for å bevare kulturminne som sto i fare for å bli øydelagt m.a. på grunn av erosjon i strandsona. Vidare er det utarbeidd ein plan for bevaring av tekniske og industrielle kulturminne i Ny-Ålesund og i Longyearbyen. Det er òg gjennomført utgravingar og registreringar av nyleg oppdaga russiske tufter.

Arbeidsmål 11.1. Avgrense og styre ferdsla på ­Svalbard.

Det er sett i gang eit arbeid med eiga forskrift som skal regulere ferdsla slik at denne ikkje reduserer omfanget og kvaliteten på villmarksområda. Det er òg lagt vekt på å sikre at ferdsel i dei villmarksprega områda i dag ikkje øydelegg eller reduserer kulturminna på lengre sikt. Det er sett i gang overvaking av den motoriserte ferdsla.

Verkemiddel

Finansieringa av resultatområde 8, underområde miljøvern i nordområda, blir dekt over Norsk Polarinstitutt si budsjettramme, jf. kap. 1471, men òg kap. 1400 inneheld budsjettmidlar som skal medverke til finansieringa av dette resultatområdet i 2002.

Eit viktig verkemiddel for miljøvernforvaltninga på Svalbard er eit uttømmande og strengt regelverk som set klare rammer for all verksemd på øygruppa, og eit effektivt apparat for handheving som kan oppdage og straffeforfølgje brot på regelverket. Ei ny miljøvernlov for Svalbard vart vedteken av Stortinget i 2001. Forskrifter som må liggje føre når lova trer i kraft, under dette forskrift om ferdsel, vil bli sendt på høyring hausten 2001. Lova med tilhøyrande forskrifter vil tre i kraft i løpet av 2002. Lova skal setje miljøvise rammevilkår for all aktivitet på øygruppa og er i tråd med Noreg si rett og plikt etter Svalbardtraktaten til å gi miljøvernreglar. Lova vil i tråd med traktaten bli brukt og handheva likt overfor borgarar og selskap frå alle traktatpartar.

Andre verkemiddel som er tekne i bruk er velordna registrering og overvaking av sentrale miljøkomponentar og aktive vernetiltak.

Omsynet til miljøet i polarområda vil bli innarbeidd i dei sektorvis miljøhandlingsplanane i dei ulike departementa, med særleg vekt på fiskeriaktivitet, industrielle verksemder, turisme og forsking.

Eit godt kunnskapsgrunnlag basert på forsking er ein føresetnad for at Noreg skal kunne forvalte sine polare territorium på ein økologisk forsvarleg måte. Norsk polarforsking av høg internasjonal kvalitet er òg ein føresetnad for at Noreg skal kunne spele ein aktiv rolle i den vidare utviklinga av det internasjonale forskings- og miljøvernsamarbeidet i polarområda.

Et internasjonalt samarbeid for å verne trekkjande arter og hindre langtransportert forureining er òg eit viktig verkemiddel.

Vidare er informasjon eit verkemiddel for å spreie kunnskap om Regjeringa sin miljøpolitikk for Svalbard.

16.3 Radioaktiv forureining

Definisjon og avgrensing

Ei rekkje atomreaktorar, nukleære anlegg og avfallslager i våre nærområde representerer ein reell risiko for ulykker som kan medføre monaleg radioaktiv forureining av norske område. Det finst òg fleire kjelder med regulære utslepp som medfører radioaktiv forureining av norske havområde. Resultatområdet omfattar arbeidet med å førebyggje og redusere utslepp og risiko for framtidige ulykker som kan medføre radioaktiv forureining som kan påverke naturmiljøet. Internasjonalt går dette arbeidet føre seg m.a i regi av Londonkonvensjonen og Oslo- og Paris-konvensjonane, og gjennom felles innsats for å løyse atomproblema i Nordvest-Russland. Strålevern og helseverknader av radioaktiv forureining ligg under Sosial- og helsedepartementet sitt ansvarsområde.

Strategiske mål

Noreg skal medverke til å redusere utslepp og risiko for utslepp av radioaktive stoff som kan føre til forureining av norsk miljø.

Tabell 16.3 Mål- og indikatortabell for resultatområde 8 underområde Radioaktiv forureining.

Nasjonale mål

Miljøvernforvaltninga sine ­arbeidsmål

Miljøvernforvaltninga sine ­resultatindikatorar

12. Samarbeidet med Russland skal medverke til å redusere risikoen for radioaktiv forureining av norske land- og sjøområde for å unngå moglege konsekvensar for helse, miljø og næringsverksemd.

12.1. Redusere faren for radioaktiv forureining av miljøet frå avfallslager, nukleære anlegg og transport av radioaktivt materiale i Noreg sine nærområde.

– Gjennomførte felles norsk-russiske seminar/kurs om utgreiing av miljøkonsekvensar.

– Gjennomførte tryggleikstiltak.

– Gjere eit overslag over atomtryggleiks- og avfallssituasjonen i Nordvest-Russland.

– Status og planar for transport av radioaktivt materiale langs norskekysten.

13. Noreg skal arbeide for at utsleppa av radioaktive stoff frå reprosesseringsanlegg i våre nærområde skal reduserast monaleg.

13.1. Arbeide for reduksjon og stans i utsleppa gjennom kontaktar med involverte land og samarbeid innanfor relevante internasjonale fora.

– Resultat frå overvakings- programmet.

– Reduksjon av utslepp frå ­Sellafield.

14. Utslepp av radioaktive stoff frå nasjonale kjelder skal avgrensast til nivå som ikkje påverkar naturmiljøet.

14.1. Kartleggje kjeldene og avgrense utsleppa til nivå som ikkje påverkar naturmiljøet.

– Samla utslepp av radioaktive stoff frå nasjonale kjelder blir målt.

Nasjonale resultatmål, miljøvernforvaltninga sine arbeidsmål, resultatindikatorar og statusbeskriving

Statusbeskriving

Arbeidsmål 12.1. Redusere faren for radioaktiv forureining av miljøet frå avfallslager, nukleære anlegg og transport av radioaktivt materiale i Noreg sine nærområde.

I 1999 vart det starta eit arbeid med å hjelpe russiske styresmakter når det gjeld å utvikle krav og kriterium til utgreiingar av miljøkonsekvensar ved godkjenning av prosjekt og som skal hindre radioaktiv forureining i Nordvest-Russland. Ein rapport frå første fase av dette prosjektet vart lagt fram i mai 2001. Rapporten peiker m.a på behovet for betre kontakt mellom tiltakshavar og styresmakter på eit tidleg stadium i prosessen, og avklaring av ansvarsforhold på russisk side for konkrete prosjekt.

Det er sett i gang ei norsk/russisk konsekvensvurdering av ulykkesscenarium ved atomanlegga i Majak, målingar av radioaktivitet i det marine miljø ved reinseanlegget RTP Atomflot i Murmansk, og radioaktiv forureining av elva Jenisej frå atomanlegget i Krasnojarsk. Vidare omfattar dette vurdering av landområde som er særleg sårbare for radioaktiv forureining, felles russisk-norsk automatisk målenettverk i Murmansk-regionen, og etablering av eit felles overvakingsprogram for radioaktivitet i nordlege havområde.

Den russiske presidenten underteikna i 2001 ei lov som tillet import av brukt kjernebrensel til Russland. Dette kan medføre transport av kjernebrensel og radioaktivt avfall mellom europeiske reprosesseringsanlegg og kjernekraftverk i Japan via den nordlege sjøruta og norske farvatn. Noreg vil markere overfor involverte land at slike transportar er sterkt uønskte, og arbeide for at det så raskt som mogleg blir vedteke eit internasjonalt regelverk om transport av radioaktivt avfall. I påvente av dette blir det arbeidd med bilaterale avtaler om notifikasjon av slik transport, m.a med Russland. Noreg vil òg setje saka på dagsordenen under den 5. Nordsjøkonferansen i 2002.

Arbeidsmål 13.1. Arbeide for reduksjon og stans i utsleppa gjennom kontaktar med involverte land og samarbeid innanfor relevante internasjonale fora.

Dei totale utsleppa av radioaktive stoff til det marine miljø er vesentleg reduserte i forhold til tidlegare. Reprosesseringsanlegget i Sellafield i England har likevel sidan 1994 sleppt ut store mengder av det radioaktive stoffet Technetium-99 og som seinare er målt i tang og hummar langs norskekysten. Noreg har fleire gonger vendt seg til britiske styresmakter med oppmodning om å redusere utsleppa. I OSPAR-samanheng samarbeider Noreg med Danmark, Irland og andre aktuelle land for å få stansa utsleppa frå Sellafield og andre reprosesseringsanlegg. På OSPAR-kommisjonen sitt møte i juni 2000 vart det fatta vedtak om å arbeide for ein overgang frå reprosessering til direkte lagring av brukt kjernebrensel. Frankrike og England, som har dei aktuelle anlegga, reserverte seg likevel mot vedtaka. Trykket på britiske styresmakter når det gjeld Sellafield vil bli halde oppe, m.a ved å ta saka opp på den 5. Nordsjøkonferansen i 2002.

Arbeidsmål 14.1. Kartleggje kjeldene og avgrense utsleppa til nivå som ikkje påverkar naturmiljøet.

Gjennom det nasjonale overvakingsprogrammet for radioaktiv forureining i det marine miljø vil norske styresmakter halde seg løpande orientert om den radioaktive forureininga langs norskekysten. Overvakingsprogrammet, som er leia av Statens strålevern, har vore i ein oppbyggingsfase i 1999 og 2000. Hausten 2000 vart programmet òg justert noko etter Kursk-ulykka. Det er i denne samanhengen etablert eit norsk/russisk samarbeid om marin overvaking og vurderingar av konsekvensar, samtidig som overvakinga av Finnmarkskysten og radioaktivitet i fisk vil bli utvida. I 2001 er òg overvakinga av radioaktiv forureining av landmiljøet blitt styrkt. Programmet omfattar samtidig utslepp av radioaktive stoff frå nasjonale kjelder. Dette arbeidet har så langt vore fokusert på utslepp frå dei nukleære anlegga i Halden og på Kjeller, og forbruk av opne radioaktive kjelder ved sjukehus, oljeindustri og forskingsaktivitet. Overvakingsprogrammet vil bli ført vidare og styrkt i 2002.

Verkemiddel

Finansieringa av resultatområde 8, underområde radioaktiv forureining, er i hovudsak dekt over kap. 1410, mens det òg på kap. 1400 er sett av midlar til dette underområdet. Finansieringa på kap. 1410 dekkjer m.a ei vidareføring av overvakingsprogrammet for radioaktivitet langs norskekysten og eit terrestrisk overvakingsprogram. Midlar til prosjektsamarbeidet med Russland kjem frå kap. 0197 post 70 – Tilskot til atomtryggleikstiltak og samarbeidsprogrammet med Sentral- og Aust-Europa over Utanriksdepartementet sitt budsjett.

Gjennom ein samarbeidsavtale mellom Miljøverndepartementet og Sosial- og helsedepartementet ved Statens strålevern, vart Strålevernet i 1999 formelt Miljøverndepartementet sin faginstans på området radioaktiv forureining av miljøet. Dette inneber ein tryggleik for at Miljøverndepartementet sine noverande og framtidige plikter på dette området vil bli ivaretekne på ein tilfredsstillande måte. Miljøverndepartementet sitt behov for slik ekspertise vil truleg auke i åra framover m.a som følgje av ulykka med atomubåten Kursk, planar om transportar av radioaktivt avfall i eller i nærleiken av norske farvatn, og aukande fokus på utsleppa frå Sellafield. Det er òg generelt aukande internasjonal fokus på vern av miljøet mot radioaktiv forureining. Det blir arbeidd aktivt med nye kriterium for utslepp og det er aukande satsing på forsking av moglege effektar på naturmiljøet som følgje av eksponering frå radioaktive stoff.

17 Resultatområde 9: Regional planlegging

Definisjon og avgrensing

Programområdet omfattar planlegging og utgreiing etter føresegnene om planlegging og konsekvensutgreiing i plan- og bygningslova. Verksemda er kjenneteikna av at planlegginga skal vere eit sentralt verkemiddel for å fremje og sikre den utviklinga som kommunane og fylka ønskjer, både fysisk og økonomisk, sosialt og kulturelt. Samtidig skal planlegginga ivareta dei nasjonale og regionale interessene som m.a. ligg i å sikre ei berekraftig arealforvaltning. Planlegginga må derfor vere sektorovergripande. Ansvaret for planlegginga ligg i hovudsak til kommunestyra og fylkestinga, men skal skje i nært samråd med statlege fagstyresmakter, organisasjonar og innbyggjarar. Miljøverndepartementet er statleg planstyresmakt etter lova og har som oppgåve, i samarbeid med andre departement, å utvikle og formidle nasjonale mål for planlegginga i fylke og kommunar, arbeide med lov og forskrifter, behandle enkeltsaker og sikre riktig bruk av lov og plansystem gjennom rettleiing og opplæring.

Strategiske mål

Den regionale planlegginga skal medverke til å utvikle eit samfunn som tek vare på viktige felles verdiar og grunnleggjande levekår for ulike grupper innanfor dei rammer som ei berekraftig utvikling set. Ei opa haldning, innsyn og deltaking blir lagt vekt på i planprosessane. Dei strategiske måla er nedfelt i St.meld. nr. 29 (1996-97) Regional planlegging og arealpolitikk.

Tabell 17.1 Mål- og indikatortabell for resultatområde 9 Regional planlegging.

Nasjonale resultatmål

Resultatindikatorar

1. Planlegginga i kommunane skal samordne den fysiske, økonomiske, sosiale, estetiske og kulturelle utviklinga innanfor kommunen sine område.

  • Talet på kommunar med ny/revidert kommune­plan i siste kommune­valperiode.

2. Kommunal areal­planlegging skal skje innanfor rammene for nasjonal politikk, slik den kjem til uttrykk m.a. i St.meld. nr. 29 (1996-97) Regional planlegging og arealpolitikk, med særleg vekt på riks­politiske retningslinjer.

  • Departementet si politikkformidling retta mot fylke/kommunar

  • Talet på og typar motsegnsaker avgjort av departementet og endringar gjort av eigengodkjende planar.

3. Fylkesplanlegginga skal samordne staten, fylkeskommunane og hovudtrekka i kommunane si fysiske, økonomiske, sosiale og kulturelle verksemd retta inn mot regional utvikling.

  • Talet på godkjende planar der det ikkje er vesentleg avvik i forhold til nasjonal politikk.

  • Avvik mellom mål og strategiar i kommune- og fylkesplan.

  • Talet på fylke der regionalt utviklings­program (RUP) er integrert i fylkesplanen sitt handlingsprogram.

4. Fylkesplanlegginga skal samordne og styre bruk og vern av areal- og natur­ressursar over kommunegrensene.

  • Talet på godkjende fylkesplanar og delplanar med konkrete retningslinjer for areal- og naturressursar.

  • Talet på godkjende fylkesplanar og delplanar med retningslinjer for senterstruktur og varehandel.

5. Plan- og bygningslova skal vere eit effektivt verktøy for samordning mellom sektorar og forvaltnings­nivå underlagt folkevalt styring.

  • Tilgjenge til opplæring og vegleiing for alle viktige aktørar.

  • Framdrifta i planlovutvalet sitt arbeid.

  • Talet på besøk på MD sine planrelaterte internettsider.

6. Alle viktige vedtak skal byggje på kunnskap om konsekvenser for miljø og samfunn.

  • Kjennskap til regelverk om konsekvensutgreiingar hos relevante aktørar.

  • Talet på vedtak som eksplisitt viser til KU-prosess og dokumenterte konsekvensar.

  • Gjennomsnittleg saksbehandlingstid for KU-saker som er innanfor dei rammer forskrifta set.

  • Talet på planprosessar som er gjennomført i samsvar med anbefalte kvalitetskrav til planlegginga etter plan og bygningslova.

  • Talet på miljøutgreiingar etter utgreiingsinstruksen.

Nasjonale resultatmål, resultatindikatorar og statusbeskriving

Forvaltninga av plandelen i plan- og bygningslova er ei oppgåve som går på tvers av sektorar, og ansvaret for dette er lagt til Miljøverndepartementet. Det er derfor berre formulert nasjonale resultatmål på dette resultatområdet.

Statusbeskriving

Formålet med regional planlegging er å samordne den offentlege innsatsen mellom forvalt­ning­snivå, sektorar og næringar. Behovet for slik planlegging er spesielt tydeleg når utfordringar i samfunnsutviklinga krev at tiltaka blir sett inn i ein annen sektor enn den som vil ha mest nytte av tiltaket. Interessa for og vitaliteten i regionale planprosessar føreset at fylkesting og kommunestyre har eit handlingsrom som gjer det meiningsfullt å planleggje.

Resultatmål 1. Planlegginga i kommunane skal samordne den fysiske, økonomiske, sosiale, estetiske og kulturelle utvikling innanfor kommunen sitt område.

Ansvaret for kommuneplanlegginga ligg i kommunane. Kravet om ei berekraftig utvikling, effektiv næringsutvikling, demokrati og betre samordning av samfunnsutviklinga, forsterkar kravet til kommuneplanen som strategisk plan for utvikling av kommunen. Dei fleste departement stiller krav til kommunane på sine område. Det er viktig at kommuneplanane kan fange opp dei relevante sentrale plankrav utan nødvendigvis å måtte lage eigne kommunale planar for dei ulike sektoromsyn. Lokal Agenda 21 gir nye perspektiv og arbeidsformer som er relevante for kommunal planlegging, jf. resultatområde 11. Mange kommunar driv eit aktivt utviklingsarbeid når det gjeld kommunal planlegging. Miljøverndepartementet medverkar òg, gjennom prosjekt og samarbeid med enkeltkommunar, til å styrkje kommuneplanprosessane. Prosjekta omfattar m.a. samordna planvegleiing frå fylkesnivået, utvikling av prosesskompetanse (fleire fylke), ei plan- og byggesaksbehandling som er lettare å føresjå og betre kopling til økonomiplanlegginga.

Miljøverndepartementet samarbeider med Kommunal- og regionaldepartementet, Sosial- og helsedepartementet og Kommunanes Sentralforbund om å organisere læring frå utviklingsarbeida. Dei ulike aktørane samarbeider dessutan om «Arena-prosjektet,» som spesielt fokuserer på å byggje opp erfaringsutvikling rundt den strategiske, langsiktige, ikkjefysiske planlegginga i kommunane. Arena-diskusjonane dannar grunnlag for konkrete innspel om endringsbehov til planlovutvalet sitt arbeid.

Dei fleste kommunane har vedteke eigen arealdel til kommuneplanen og reviderer denne med jamne mellomrom. Mange kommunar har òg utvikla ein aktiv bruk av kommunedelplanar for enkelte tema eller geografiske område i kommunen. Departementet arbeider med å få fram relevant informasjon om omfanget av lokale planar og verknadene av desse. Ved gjennomføring av større byggje- og anleggsarbeid, og ved nærare avklaring av areal­bruken i område som er avsette til utbygging i følgje kommune­planen, blir det utarbeidd reguleringsplanar. På dette området legg ein m.a. vekt på å ta i bruk IKT-baserte verktøy med sikte på ei meir effektiv plan- og byggesaksbehandling.

Resultatmål 2. Kommunal areal­planlegging skal skje innanfor rammene for nasjonal politikk.

Fylkeskommunen og statlege regionale etatar har ansvaret for å samarbeide om formidling av nasjonale og regionale mål tidleg i planprosessane. Integrering av berekraftperspektivet i kommunal planlegging krev samarbeid på tvers av departementa. Fylkeskommunen har vegleiingsplikt. Fylkesmannen og Miljøvern­departementet har tilsynsmynde.

I det store fleirtal av plansaker blir det oppnådd semje lokalt og planane blir eigengodkjende av kommunestyret, noko som viser at plansystemet fungerer som føresett. Miljøverndepartementet behandlar berre dei planane der det er konflikt mellom kommunen og fylkeskommunen eller statlege fagstyresmakter (motsegnsaker). I 2000 fatta departementet vedtak i 40 slike saker. I 48 % av sakene vart motsegnene tekne til følgje, mens kommunen fikk heilt eller delvis medhald i 52 % av sakene. I saker der kommunen sitt vedtak blir overprøvd er føresetnaden at fylkeskommunen eller staten sitt standpunkt har forankring i viktige regionale eller nasjonale interesser. Motsegnene som vart brakt inn for departementet i 2000 var m.a. knytte til følgjande omsyn: Jordvern, reindriftsnæring, friluftsliv/­strandsone, naturvern, kulturminnevern, riksvegtrasé, jernbanetrasé, vassdragsvern, fiskeriinteresser, støy/luftforureining og rikspolitiske retningslinjer. Gjennom departementet sine avgjersler i desse sakene blir gjeldande arealpolitikk konkretisert og formidla.

Det pågår eit 3 års forvaltningsforsøk i Akershus som inneber at fylkeskommunen har fått delegert mynde til å fatte vedtak i motsegnsaker. Forsøket er i store trekk i samsvar med det Stortinget ønskjer som ei reform, jf. behandlinga av St.meld. nr. 31 (2000-2001) Kommune, fylke, stat – en bedre oppgavefordeling. Departementet legg no opp til at forsøket blir ført vidare fram til reforma blir sett i kraft. Spørsmålet om evaluering av forsøket vil bli vurdert nærare med utgangspunkt i dette. Undersøkingar viser at byggje­verksemda i 100-metersbeltet, særleg i Oslofjord-området, er meir omfattande enn tidlegare. Dispensasjonspraksisen i 100-metersbeltet langs sjøen er derfor skjerpa. Det er m.a. innført eit rapporteringssystem for dispensasjonssaker og det er etablert eit eige kystsonenettverk for fylka i pressområda. I år 2000 vart det i heile landet gitt ca. 1900 dispensasjonar innanfor 100-metersbeltet, noko som inneber at ca. 75 prosent av søknadene vart innvilga. Tala må brukast med varsemd, men dei viser at det går føre seg ei monaleg privatisering i 100-metersbeltet. Mange av tiltaka er likevel mindre byggesaker, som f.eks tilbygg. I Agder-fylka er det sett i gang arbeid med å utarbeide forslag til rikspolitiske retningslinjer for kystområda, m.a. med utgangspunkt i dei som gjeld for Oslofjord-området. For at kommunane skal ha eit best mogleg informasjonsgrunnlag i si forvaltning av strandsona blir det arbeidd vidare med utvikling av digitale verktøy som kommunane kan nytte i saksbehandling og avgjerdsprosess.

Hyttebygginga i fjellområda skaper òg mange utfordringar. Dette gjeld m.a. forholdet til areal- og energibruk, friluftsliv og allemannsrett, natur- og dyreliv, byggeskikk og omsyn til landskapet. Det ligg føre planar for omfattande hyttebygging i mange fjellområde. I mange kommunar er hyttene ei viktig reiselivsnæring. Departementet meiner det er behov for å utvikle ein miljøtilpassa hyttepolitikk og vil arbeide vidare med dette i samarbeid med lokale styresmakter.

For å styrkje kommunane sitt arbeid med å utvikle miljøvennlege og attraktive senter i distrikta, samarbeider Miljøverndepartementet med seks andre departement med sikte på å samordne statlege verkemiddel for tettstadsutvikling. Eit positivt «image» gir stadene føremoner i konkurransen om næringsverksemd og er viktig for å trekkje til seg nye innbyggjarar, særleg ungdom og kvinner. Stadsidentitet blir skapt både gjennom historie, kulturarv, estetiske omgivnader og møteplassar for kulturelle og sosiale opplevingar. 4 fylke og 16 kommunar er førebels inviterte til å delta i arbeidet med tettstadsutvikling. Det er viktig å utvikle attraktive tettstader også i små samfunn. Derfor bør erfaringane frå arbeidet òg knytast opp mot småsamfunnssatsinga som Kommunal- og regionaldepartementet no set i gang, jf. St.meld. nr. 34 (2000-2001).

Miljøverndepartementet samarbeider med fleire departement og storbyane om å utforme ein politikk for miljøvennleg utvikling i dei store byane. Hovudutfordringane er å redusere miljøulempene frå trafikken og å leggje til rette for vidare utvikling og fornying av byen, hovudsakleg innanfor område som allereie er utbygde. Dette krev høg kvalitet på byrom og fellesareal. Det blir lagt stor vekt på dialog og samarbeid med næringslivet i byutviklinga.

Regjeringa har gjort ein spesiell innsats for å medverke til betre miljø i Groruddalen i Oslo. Dette skjer gjennom støtte til Oslo kommune sitt arbeid med ein heilskapleg utviklingsplan for Groruddalen – kombinert med raske tiltak for å betre det fysiske miljøet.

Som ein del av gjennomføringa av Regjeringa sin handlingsplan for funksjonshemma, jf. St.meld. nr. 8 (1998-99), gjennomfører Miljøverndepartementet eit fireårig utviklings­program i samarbeid med Sosial- og helsedepartementet. Føremålet med satsinga er å gjere omsynet til funksjonshemma i all planlegging etter plan- og bygningslova tydeleg, med særleg fokus på å betre tilgjenget for alle i det fysiske utemiljøet. Medverknad frå dei funksjonshemma sine interesse­organisasjonar er eit sentralt element. Det pågår mange forsøks- og utviklingsprosjekt som ledd i å utvikle betre praksis på området. Sjølve handlingsprogrammet er no i sluttfasen, men det blir i samarbeid med SHD lagt opp til at arbeidet kan førast vidare. Miljøverndepartementet vil byggje vidare på dei erfaringane som er gjort, og formidle og vidareutvikle omsynet til funksjonshemma i planlegginga gjennom konkrete verkemiddel og tiltak. I tillegg vil departementet, i samarbeid med SHD, KRD, KUF, SD, og BFD, utvikle strategien universell utforming, som legg avgjerande vekt på omsynet til funksjonshemma i fysisk utforming, gjennom eit eige handlingsprogram.

Resultatmål 3. Fylkesplanlegginga skal samordne staten, fylkeskommunane og hovudtrekka i ­kommunane si fysiske, økonomiske, sosiale og ­kulturelle verksemd retta inn mot regional utvikling.

Hovudansvaret for fylkesplanlegginga ligg hos fylkeskommunane. Ved Stortinget si behandling av St.meld. nr. 31 (2000-2001) – Kommune, fylke og stat – En bedre oppgavefordeling, er det lagt opp til at fylkesplanen skal styrkjast og gis ein generelt forpliktande verknad. Fylkesplanen skal vere eit felles regionalt plandokument og planprosessane må bere preg av partnarskap, slik at kommunar og stat får eigarskap til planen. Dette føreset ein gjennomgang av reglar og rutiner for å sikre betre medverknad i fylkesplanprosessen. Dette er i tråd med intensjonane i rundskriv T-3/98 «Arbeidet med fylkesplanene». Gjennom plan- og godkjenningsprosessen skal partane forplikte seg til å følgje opp og gjennomføre godkjent fylkesplan, kvar på sine ansvarsområde. Når planane blir sende inn til sentral godkjenning, skal ein frå regionalt hald gjere tydeleg kva ein ventar at regjeringa skal ta stilling til. I 2001 er det godkjent 6 fylkes­planar og 15 fylkesdelplanar. Erfaringane frå dei godkjende fylkes- og fylkesdelplanane er så langt at:

  • samarbeidet på regionalt nivå fungerer både breitt og godt, både når det gjeld deltaking og evne og vilje til å finne fram til strategiar som det er semje om

  • det er eit gjennomgåande problem at den sentrale godkjenningsbehandlinga gir for lite konkret tilbakemelding i forhold til dei spesifikke regionale grepa i planen og dei problemstillingane som blir melde inn ved oversendinga

  • saksbehandlinga tek for lang tid

Ordninga med sentral godkjenning av fylkes- og fylkesdelplanar blir halden oppe. Statskonsult har på oppdrag av Miljøverndepartementet vurdert ordninga. Spørsmålet om endringar blir teke opp i Planlovutvalet sitt arbeid.

Miljøverndepartementet samarbeider med Kommunanes sentralforbund og andre aktuelle departement om eit program med sikte på å utvikle fylkesplanlegginga og fylkesplanen si rolle i tråd med politikken i St.meld. nr. 31.

Departementet har medverka til kompetanseoppbygging og erfaringsutveksling innan regional planlegging gjennom deltaking i Østersjø-samarbeidet og Interreg II-arbeidet og formidling av retningslinjene for ei berekraftig romleg utvikling i Europa, som vart vedteken av dei europeiske planministrane hausten 2000.

Resultatmål 4. Fylkesplanlegginga skal samordne og styre bruk og vern av areal- og natur­ressursar over kommunegrensene.

Ansvaret for overordna arealplanlegging på tvers av kommunegrensene ligg hos fylkes­kommunane i samarbeid med kommunane og aktuelle statlege etatar i fylket. St.meld. nr. 31 (2000 – 2001) understrekar behovet for i større grad å ta opp arealspørsmål som ikkje kan avklarast av den enkelte kommune, som f.eks store samanhengande naturområde, store infrastrukturtiltak og hovudtrekka i utbyggingsmønsteret. Det siste året er det godkjent fleire fylkes- og fylkesdelplanar som behandlar slike spørsmål. Dette gjeld m.a. planar som skal avløyse etableringsstoppen som mellombels er innført for kjøpesenter. Det er 6 slike planar som er godkjende eller til behandling i departementet. Korleis arealspørsmål bør behandlast i fylkesplansamanheng, blir teke opp som ein del av samarbeidsprogrammet med KS om fylkesplanlegging

Resultatmål 5. Plan- og bygningslova skal vere eit effektivt verktøy for samordning mellom sektorar og forvaltnings­nivå underlagt folkevalt styring.

Det blir kvart år satsa på omfattande opplæring og rettleiing ut mot fylkesnivået, som igjen rettleier kommunane. Opplæring og politikkformidling om bruken av planlova blir utvikla i samarbeid med fylka og blir søkt tilpassa kunnskap og læringsbehov i det enkelte fylke. Det er viktig at ulike høyrings- og klageinstansar har tilstrekkeleg med ressursar og kompetanse, slik at dei ikkje seinkar planprosessane.

Behovet for effektivisering, forenkling og forbetring i lovstruktur, praktisering, og i lovinnhald, er viktige omsyn å vurdere i samanheng med utforminga av regelverket. Det er nedsett eit planlovutval som skal føreta ein samla gjennomgang av plan­leggings­føresegnene i plan- og bygningslova og nærliggjande lover. Utvalet er bede om å levere to delinnstillingar innanfor si funksjonstid på 4 år. Første delinnstilling vart lagt fram i januar 2001 og har vore ute på høyring og brei debatt. Utvalet vil med grunnlag i si første delutgreiing og inntrykka frå høyringa utarbeide konkrete lovendringsforslag. Den andre delinnstillinga er venta i desember 2002. I løpet av vinteren vil det bli fremja ein odelstingsproposisjon med forslag om endringar i plan- og bygningslova som både tek opp i seg dei endringar som følgjer av Stortinget si behandling av St. meld. nr. 31 (2000-2001) om oppgåvefordelinga mellom kommunar, fylke og stat og forslag frå planlovutvalet. Føremålet med lovendringar er ytterlegare forenkling og effektivisering av planprosessen.

Resultatmål 6. Alle viktige vedtak etter plan- og ­bygningslova skal baserast på kunnskap om ­konsekvensar for miljø og samfunn.

Føresegnene om konsekvensutgreiingar (KU) stiller krav om at verknader for miljø, naturressursar og samfunn av større utbyggingstiltak skal utgreiast før det blir fatta planvedtak eller gitt løyve til gjennomføring. Tiltakshavar har ansvar for å klargjere verknadene. Ansvarleg styresmakt, dvs. planstyresmakta eller konsesjonsstyresmakta, har ansvaret for saksbehandlinga. Miljøverndepartementet kan gi merknader til utgreiingsprogrammet som fastset omfanget av utgreiingane og kva alternativ som skal utgreiast med sikte på å ivareta nasjonale eller regionale omsyn. Saksbehandlingstida i Miljøverndepartementet er i gjennomsnitt to veker. Evaluering viser at konsekvensutgreiingar medverkar til at miljøomsyn blir sterkare ivaretekne og til at medverknad frå involverte og allmenta og informasjon om konsekvensar blir betre. Kostnadene ved å gjennomføre utgreiinga er som føresett ved innføringa av føresegna. Det blir utført eit løpande formidlings- og opplæringsarbeid overfor tiltakshavarar og ansvarlege styresmakter (dvs. kommunar, fylkeskommunar, departement og direktorat) om regelverket, med sikte på god praksis.

Prinsipp for konsekvensvurdering og kvalitetskrav i kommunal arealplanlegging er tekne i bruk i ei rekkje kommunar og erfaringane inngår som grunnlag for planlovutvalet sitt arbeid. Erfaringane viser m.a. at konsekvensvurderingar i arealplanlegginga fører til auka vekt på berekraft, meir open saksbehandling og at konsekvensane av planane blir lettare å føresjå. Miljøverndepartementet har utarbeidd ein vegleiar om vurdering av miljøkonsekvensar av stortingsmeldingar, -proposisjonar, forskrifter og andre saker som blir lagt fram for regjeringa eller Stortinget, og det er etablert eit samarbeid mellom aktuelle departement for informasjon og rettleiing i bruk av utgreiingsinstruksen.

Miljøverndepartementet samarbeider nært med EU-landa, Norden og EU-kommisjonen på området. Det er starta opp eit arbeid med sikte på å innarbeide nytt EU-direktiv om miljøvurderingar av visse planar og program. Dette direktivet vil få konsekvensar for planlegginga etter plan- og bygningslova og vil òg kunne tangere planlegginga innan andre sektorar (m.a samferdsel og energi). Miljøverndepartementet deltek i aktivitetar innanfor ramma av konvensjonen om konsekvensutgreiingar i grense­overskridande samanheng (FNECE) og leier arbeidet med å utvikle ein protokoll om strategiske konsekvensutgreiingar.

Verkemiddel

Resultatområdet er planlagt finansiert med nærare 55 mill. kr i 2002. Finansieringa er i hovudsak dekt over kapitla 1400, 1410, 1425, 1426, 1427, 1429 og 1441.

Føresegnene i plan- og bygningslova om planlegging og konsekvens­utgreiing er det viktigaste verkemidlet på resultatområdet. Eit planlov­utval arbeider med ein gjennomgang av plan- og bygningslova og lover som grensar til denne, jf. omtalen under resultatmål 5.

For å medverke til gode samfunnsmessige avgjersler regionalt og lokalt er det viktig å heve kunnskapsnivået og styrkje planpraksisen i fylke, kommunar og statlege etatar ved ein kombinasjon av tiltak som informasjon, opplæring, vegleiing og politikkformidling. Dette skjer m.a. gjennom regionale samlingar, seminar og foredrags­verksemd, rettskjelderegisteret Re§pons, rikspolitiske retningslinjer, vegleiing, publikasjonar som Plannytt og Planjuss og gjennom master­utdanninga i samfunnsplanlegging. Departementet legg vidare opp til eit samarbeid med næringslivet, byggjebransjen, utdanningsinstitusjonar og organisasjonar om ei betre tilrettelegging av opplæringstiltaka. Tiltak som aukar kompetansen innan planbistand internasjonalt er òg ein del av departementet sin innsats. Formidling av gode planeksempel, m.a. gjennom Internett og stimulering av nettverk for planleggjarar, er eit sentralt verkemiddel. Samarbeidsforum for storbyutvikling, der seks byar og ni departement deltek, er ein viktig arena for politikkformidling og utveksling av erfaringar med planlegging i byområde. Planlovutvalet gjennomgår plan- og bygningslova, og har ved brei offentleg høyring og debatt avlagt si første delinnstilling.

Det pågår fleire forskingsprogram som gir verdifull kunnskap til utvikling og implementering av nasjonal politikk og plansystemet etter plan- og bygnings­lova. Gjennom Noregs Forskingsråd medverkar Miljøvern-departementet til finansiering av programma. Dei viktigaste samarbeidspartnerane på finansieringssida er Kommunal- og regional­departementet og Samferdselsdepartementet. Norsk institutt for by- og regionforsking (NIBR) er ein viktig bidrags­ytar i kraft av å vere kompetan­sesenter for konsekvensutgreiingar og forsking knytt til plan- og bygningslova. NIBR ivaretek òg viktige oppgåver knytt til dokumentasjon, nettverksbygging og formidling. Miljøverndepartementet samarbeider med Kommunal- og regionaldepartementet om å vidareutvikle regionale utviklingsprogram og integrere programma som verkemiddel i fylkesplanlegginga. Utfordringane knytt til lokal og regional Agenda vil stå sentralt i dette utviklingsarbeidet. Departementet tek initiativet til forsøk, utgreiingar og evalueringar for å betre grunnlaget for utvikling av politikk og planleggingsmetodar.

For å få betre kunnskap om utviklinga i arealbruken i Noreg er det etablert eit program for arealdokumentasjon. Sentralt er Arealis, eit prosjekt for å gjere areal-, miljø- og planinformasjon betre tilgjengeleg. Prosjektet er eit samarbeid mellom sentrale faginstansar, fylkesetatar og kommunar. Arealis skal kople saman databasar med informasjon om arealbruk og arealverdiar. Alle fylka er i gang med dette arbeidet, og 57 pilotkommunar deltek.

18 Resultatområde 10: Kart og geodata

Definisjon og avgrensing

Forvaltningsansvaret for den nasjonale kart- og geodatapolitikken er lagt til Miljøverndepartementet. Resultatområdet omfattar etablering og drift av geografisk basisinformasjon. Resultatområdet dekkjer òg oppfølging og utvikling av standardar og regelverk og fagleg samarbeid med andre land på området, stimulering av norsk næringsutvikling innanfor geografisk informasjonsteknologi (GIT), forsking og utvikling, og sikring av historisk geografisk informasjon. Kartlegging av polare landområde høyrer til resultatområde 8. Resultatområdet inkluderer òg eit forvaltningsansvar for å skaffe fram arealdata for planleggingsformål.

Strategisk mål

Landet skal ha ein tenleg infrastruktur for lett tilgjengeleg geografisk informasjon, dvs. kart og elektronisk baserte tenester som tilfredsstiller det felles behov ulike brukergrupper har for geografisk informasjon og fastlegging av posisjonar, under dette eit tilfredsstillande geodetisk grunnlag (grunnlag av målepunkt) for kartlegging, oppmåling og satellittbasert stadfesting. Det er viktig å utvikle gode standardar for geodata, som er tilpassa internasjonale forhold.

Kart og annan geografisk informasjon er nødvendige hjelpemiddel for planlegging, drift og som avgjerdsstøtte i mange sektorar i samfunnet. Det gjeld m.a. for næringsutvikling, miljø- og ressursforvaltning, planlegging og utbygging, hevding av suverenitet og beredskap, og for dokumentasjon av eigedomsforhold. Gode kart og posisjonsdata er nødvendig for sikker ferdsel på land, til sjøs, og i lufta.

Innanfor arealpolitikken er det eit mål å skaffe fram god informasjon om areala sin tilstand, før framtidig bruk blir planlagt. Staten og kommunane må i fellesskap etablere dette datagrunnlaget.

Nasjonale resultatmål, resultatindikatorar og statusbeskriving

Forvaltninga av den nasjonale kart- og geodatapolitikken er ei oppgåve som går på tvers av sektorar, og ansvaret for dette er lagt til Miljøverndepartementet. Det er derfor berre formulert nasjonale resultatmål på dette resultatområdet.

Tabell 18.1 Mål- og indikatortabell for resultatområde 10 Kart og geodata.

Nasjonale resultatmål

Resultatindikatorar

1. Landet skal ha eit einsarta geodetisk grunnlag (grunnlag av målepunkt) tilpassa satellitt­basert stadfesting.

  • Talet på kommunar med ferdig målt landsett

  • Gjenståande km høgdegrunnlag

  • Status for centiposprosjektet

2. Landet skal ha ein tenleg infra­struktur av nasjonale geo­grafiske databasar.

  • Prosentvis del av felles geodata som står att å etablere for land­områda

  • Digitalt eigedomskartverk i prosent av totalt tal eigedommar

3. Landet skal vere dekt av tenlege trykte og digitale kart­seriar.

  • Ajourhaldsfrekvens for trykt hovudkartserie Noreg 1:50 000

  • Del trykte sjøkart i moderne kvalitet

  • Del autoriserte elektroniske sjøkart for norskekysten etter internasjonal standard i prosent av total

4. Geografiske data skal vere lett tilgjengelege og kunne nyttast effektivt på tvers av sektorar og forvaltningsnivå.

  • Utvikling og bruk av nasjonale og inter­nasjonale standardar

  • Tal kommunar som deltek i «Geovekst»-samarbeidet for felles forvaltning av geodata

  • Tal brukarar (oppslag mot) NGIS

5. Arealplanlegginga skal gis eit best mogleg informasjonsgrunnlag om verdien og bruken av areala.

  • Talet på kommunar som har innført arealinformasjonssystemet Arealis

  • Oversikt over planstatus i kommunane

Statusbeskriving

Resultatmål 1. Landet skal ha eit einsarta geodetisk grunnlag tilpassa satellitt­basert stadfesting.

All privat og offentleg oppmåling, kartlegging og navigasjon føreset eit korrekt geodetisk grunnlag (kartreferanse). Grunnlaget er bygd opp over ei rekkje år, men er mange stader ikkje så nøyaktig og påliteleg som overgangen til satellittbaserte løysingar krev. Nytt landsomfattande overordna grunnlag, basert på internasjonal standard (EUREF89), kom på plass i 1997. Arbeidet med eit meir detaljert landsnett skjer i samarbeid med kommunar og andre brukarar som samfinansierte prosjekt. Så langt er 56 % av kommunane målt ferdig, noko som er godt føre planen. Det gjenstår i tillegg arbeid for den enkelte kommune for å kunne ta grunnlaget i bruk i det daglege arbeidet. Det nasjonale høgdegrunnlaget frå 50-talet er ikkje tilpassa bruk av satellitteknologi. Målet er å gjennomføre nødvendige målingar, slik at eit betre grunnlag er på plass innan 2005. Det gjenstår å måle 2 100 km.

Satellittsystemet Global Positioning System (GPS) gir i utgangspunktet posisjonar med grannsemd på 100 meter for sivile brukarar. Kartverket har etablert ei kontrollteneste, SATREF, som tilbyr GPS-brukarar i Noreg meir pålitelege og nøyaktige data (1-10 m). Denne tenesta er tilgjengeleg på testbasis over det ordinære kringkastingsnettet for FM-radio. Med digital kringkasting kan tenesta gi auka grannsemd. Kartverket vurderer, saman med andre nordiske kartverk, ei oppgradering av tenesta (centiposprosjektet) som vil kunne utvide bruken, ikkje minst innan kart og oppmåling. Kartverket legg til grunn ei minimum oppetid på tenesta på 98 %.

Resultatmål 2. Landet skal ha ein tenleg infra­struktur av nasjonale geo­grafiske databasar.

Arbeidet med å etablere grunnleggjande geodata for landområda skjer i nært samarbeid innanfor Geovekst, eit samarbeid mellom Statens kartverk, Statens vegvesen, landbruksavdelingar på fylkesnivå, Telenor, dei fleste energiverka og dei fleste kommunane om etablering, ajourhald og finansiering av grunnleggjande geodata i samsvar med felles standard, under dette FKB-standarden (Felles Kart Base). Ikkje minst for miljø- og landbruksforvaltninga er det viktig å få på plass dette grunnlaget for meir effektiv saksbehandling. Med det investeringsnivået som er i dag er førstegongsetableringa digitalt med FKB-standard venta å vere fullført innan 2012. I løpet av 2001 er det venta at ca. 38 % vil vere fullført. Den årlege nyetablering ligg på ca. 6 %.Det nasjonale eigedomsregisteret består av tre element; Grunneigedoms-, adresse- og bygningsregisteret (GAB), Elektronisk grunnbok og digitalt eigedomskartverk (DEK). Arbeidet med digitalt eigedomskartverk er ei stor oppgåve som har gått føre seg i fleire år i samarbeid med den enkelte kommune. Kartverket etablerer først og fremst data utanfor tettbygd strøk. Det er etablert DEK i 294 kommunar utanfor tettbygd strøk i område som er dekte av Økonomisk kartverk. Etter kvart som data kjem i digital form blir manglar i datagrunnlaget synlege. Første versjon basert på tilgjengelege data frå økonomisk kartverk er venta ferdig i 2005. Eigedomsdata for tettbygd strøk blir først og fremst etablert av kommunane. Mangelen på bustadinformasjon i offentlege register gjer at vi i dag har ufullstendig statistikk om bustader og hushald. Opplysningar om talet på bustadeiningar har blitt registrerte i GAB sidan 1984, men dette har berre fanga opp nye bygningar. Folke- og bustadteljinga i 2001 supplerte opplysningane m.a. for eldre blokker, bygardar og andre bygningar med fleire bustader.

Kartverket samarbeider med Forsvaret og Luftfartsverket om å etablere ein database over alle luftfartshinder, m.a. høgspentleidningar, master o.l. Ein slik database vil kunne auke tryggleiken i lufta, ikkje minst for helikoptertrafikken.

Resultatmål 3. Landet skal vere dekt av tenlege trykte og digitale kart­seriar.

Arbeidet med å dekkje fastlandet av Noreg med tidsmessige landkart har gått føre seg frå slutten av 50-talet. Første gongs produksjon av økonomisk kartverk vil etter planen vere fullført i 2001 med Nordland som siste fylke. Økonomisk kartverk vil då omfatte vel 180 000 km2, dvs. alt vesentleg produktivt areal, til saman over 32 000 kartblad. Frekvensen på ajourhaldet av denne typen kart er i dag på 18 år. «N50», den digitale førsteutgåva av hovudkartserien for Noreg 1:50 000 vart lansert ved årsskiftet 2000/2001.

Bruk av pålitelege elektroniske sjøkart i kombinasjon med moderne navigasjonssystem vil auke tryggleiken til sjøs. Bruk av slike system vil kunne redusere faren for skadar på personar og miljø, redusere materielle kostnader, auke regulariteten, korte ned seglingsruter og styrkje næringsgrunnlaget langs kysten. Så langt har Kartverket gitt ut 49 av 141 papirkart i moderne kvalitet. Regjeringa har trappa opp arbeidet med elektroniske sjøkart for norskekysten. Ved utgangen av 2000 var ca. 30 % dekt med elektroniske sjøkart etter internasjonal standard. Sjømåling med laser frå fly er blitt nytta for grunne farvatn. Desse områda er svært tid- og ressurskrevjande med tradisjonelle metodar. Sjøkartlegginga langs norskekysten fekk tilført 20 mill. kr ekstra i 2001. Det ligg nå til rette for å få på plass moderne digitale elektroniske sjøkart for kysten i 2006-2007 og for heile strekninga frå svenskegrensa til og med Trøndelag i løpet av 2003. Dei siste åra har det blitt sendt ein sjømålingsekspedisjon til Svalbard kvart år. Dette har, saman med investeringa i ny teknologi, gitt god framdrift i den aktuelle målesesongen frå juli til september/oktober. Til no er 46 % av samla areal dekt med tidsmessige målingar. Dei viktigaste sjøområda vil bli målt først.

Resultatmål 4. Geografiske data skal vere lett ­tilgjengelege og kunne nyttast effektivt på tvers av sektorar og forvaltningsnivå.

Det er særdeles viktig å få på plass og ta i bruk aksepterte nasjonale og internasjonale standardar for felles bruk av geografiske data. Noreg er aktiv i utvikling og bruk av felles standardar. Erfaringane viser at Kartverket har ei oppgåve som sentral koordinator og bidragsyter i eit vellykka standardiseringsarbeid. Miljøvernforvaltninga spesielt, og offentleg forvaltning generelt, skal gjennomføre ein planmessig bruk av slike standardar.

Geovekstsamarbeidet omfattar så langt 390 kommunar. Det blir årleg produsert geodata for ein verdi av 75 mill. kr innanfor Geovekstkonseptet.

Resultatområde 5. Arealplanlegginga skal gis eit best mogleg informasjonsgrunnlag om verdien og bruken av areal.

Miljøverndepartementet har gjennomført Arealdokumentasjonsprogrammet 1997-2000. Programmet er no evaluert av brukarane og i ein rapport frå Asplan Viak. Ein av hovudkonklusjonane er at etableringa av eit system for arealinformasjon no bør komme over i ein driftsfase under namnet Arealis. Systemet vil gjere areal-, miljø- og planinformasjon betre tilgjengeleg. Sentrale fagstyresmakter, fylkesetatar og kommunar skal i samarbeid syte for å etablere databasar om arealbruk og arealverdiar, som kan koplast saman. Prioritering av kva datasett som skal etablerast først skal avklarast. Så langt har alle fylke og 87 kommunar vore involverte.

Erfaringa frå programmet tilseier òg ei vidareføring av element knytte til overvaking av areal, gjerne med bruk av moderne teknologi. Eksempel på dette kan vere digitale skråfoto frå fly av strandsona i Oslofjorden, satellittbilete av tettstadsutviklinga, digitalfoto av den enkelte byggjesak eller videoovervaking med flykamera av endringar i byggmassen. 75 % av saker knytte til offentleg saksbehandling har eit element av geografisk informasjon i seg. Ved å hente informasjonen ved hjelp av teknologi, kan dei som skal ta avgjerder sikrast eit betre avgjerdsunderlag til lågare kostnad, då synfaringa i praksis kan gjennomførast i møterommet.

Verkemiddel

Resultatområdet er planlagt finansiert med totalt 392,8 mill. kr i 2002, der alt i hovudsak blir dekt over kapitla 1465 og 2465. Kapitla 1400, 1425, 1426, 1427og 1510 er òg med på å finansiere resultatområdet.

Miljøverndepartementet sitt ansvar innan resultatområdet blir i all hovudsak utøvd av Statens kartverk. Kommunane har òg eit monaleg ansvar. Verksemda i kommunane er tradisjonelt knytt til teknisk kartlegging (målestokk 1:1 000) og GAB-registrering. Kartverket har eit tradisjonelt ansvar for å etablere og forvalte nasjonale kartseriar og register, m.a. hovudkartseriane i målestokk 1:50 000 for respektive sjø og land, økonomisk kartverk (målestokk 1:5 000) og landet sitt offisielle register for grunneigedoms-, adresse- og bygningsdata (GAB-registeret). Etablering av databasar og produksjon av kart i digital form har lenge vore den store utfordringa, og vil vere det i fleire år framover.

Når kart og stadfesta informasjon blir forvalta i digital form, er ikkje informasjonen lenger knytt til ein bestemt kartmålestokk. Data samla inn til bruk for eitt formål, f.eks. lokalt i ein kommune, er like godt eigna til bruk i landsomfattande kartseriar. Å utnytte innsamla data på tvers av forvaltningsnivåa stiller krav til samarbeid om felles dataforvaltning både mellom stat og kommune og mellom dei forskjellige statlege deltakarane. Med dette som bakgrunn arbeider departementet med retningslinjer for samarbeidet om etablering og tilgang til geografisk fellesinformasjon. Departementet vil i den samanheng føre vidare prinsippa frå geovekstsamarbeidet, og ser for seg eit «digitalt Noreg» som for brukarane står fram som ein heilskapleg digital geografisk infrastruktur på tvers av administrative grenser og etatsorganisering.

Statskonsult har i ein rapport sett på staten si eiga forvaltning og bruk av geodata, særleg den framtidige organiseringa av Statens kartverk. Rapporten låg føre i mai 2001, og vil vere med på å danne grunnlag for avgjersler om Staten si organisering av geodataforvaltninga. Departementet vil komme tilbake til dette som eiga sak.

Departementet arbeider med ein proposisjon for ny lov om eigedomsregistrering. Statens kartverk må, som eit nasjonalt kompetansesenter på geodata, ha god spisskompetanse og tilstrekkeleg breiddekompetanse til å ivareta forvaltninga av den nasjonale geodatainfrastrukturen. I neste 5-10-årsperiode vil oppgåvene for staten sitt kartorgan dreie meir i retning av forvaltning av data, og mot ajourhald og kvalitetssikring. Produksjon av data vil ikkje lenger vere den dominerande oppgåva. Dette inneber ei omstilling av kompetanseprofil og kapasitet i Kartverket. Statens kartverk er i gang med ei slik omstilling. Den meir teknisk-utøvande bemanninga må gradvis reduserast og spesialistkompetanse og bestillarkompetanse må styrkjast.

Statens kartverk er eit av Miljøverndepartementet og NORAD sine fagsenter for miljøutvikling og deltek med jamne mellomrom i norske bistandsprosjekt. I det siste året har dette vore knytt til Guatemala, Indonesia, Laos, Vietnam, Sri Lanka, Sør-Afrika, Zimbabwe, Mosambik, Tanzania, Palestina, Romania, Kroatia, Kosovo og Makedonia.

19 Resultatområde 11: Område­overgripande verkemiddel og ­fellesoppgåver

Definisjon og avgrensing

Resultatområdet omfattar oppgåver og verkemiddel som går på tvers av resultatområda 1-10. Resultatområdet innverkar følgjeleg på resultatoppnåinga innanfor alle dei andre resultatområda. Sentrale funksjonar er å:

  • Medverke til å integrere miljøomsyn i andre område av politikken på ein effektiv måte, m.a. ved hjelp av sektorvise miljøhandlingsplanar og resultatrapportering.

  • Ta i bruk generelle økonomiske verkemiddel (f.eks. avgifter og tilskot) og frivillige avtaler med næringslivet (når slike alternativ gir betre resultat i form av miljøvennleg teknologi og mindre belastning på miljøet), generelle administrative verkemiddel (f.eks. forsking, informasjon, forvaltningspolitisk samarbeid, innhenting og formidling av miljødata samt miljølære i skulen) eller andre områdeover-gripande verkemiddel (f.eks. desentralisering av oppgåver og mynde til kommunar og fylkeskommunar).

  • Utføre forvaltningsoppgåver, internt utviklingsarbeid f.eks. innanfor personal, økonomi, IT – samt internadministrasjon og andre oppgåver som ikkje naturleg høyrer inn under dei andre resultatområda.

Områdeovergripande internasjonalt arbeid er omtalt under resultatområde 8.

Strategiske mål

  • Miljøvernforvaltninga skal innrette verksemda slik at måla i miljøvernpolitikken blir nådde til så låge kostnader som mogleg for samfunnet. Styrings- og kostnadseffektivitet skal vere grunnleggjande for valet av verkemiddel.

  • Miljøvernpolitikken sitt verdigrunnlag skal bli profilert, og miljøvernomsyn skal integrerast i alle sektorar av samfunnet. Kunnskap og tilgjenge til miljøinformasjon skal medverke til å styrkje forståinga for å betre avgjerdsgrunnlaget i miljøvernpolitikken.

  • Miljøvernforvaltninga skal leggje til rette for å styrkje og fornye miljøvernarbeidet i fylkeskommunen og kommunane, og stimulere til berekraftig praksis regionalt og lokalt.

Miljøvernforvaltninga sine arbeidsmål, ­resultatindikatorar og statusbeskriving

Resultatområdet har ikkje eigne nasjonale mål, men må sjåast i lys av miljøvernforvaltninga sine områdeovergripande oppgåver, jf. resultatområda 1-10.

Statusbeskriving

Arbeidsmål 1. Sikre at miljøvernforvaltninga arbeider målretta, i samsvar med overordna retningslinjer for statsforvaltninga, og organiserer og utnyttar ressursane effektivt.

Det ligg føre eit strategidokument og overordna plan- og styringsdokument for å leie miljøvernforvaltninga mest mogleg målretta og effektivt. Det blir fortløpande arbeidd med strategi- og organisasjonsutvikling i tråd med fornyingsarbeidet i staten.

Tabell 19.1 Mål- og indikatortabell for resultatområde 11 Områdeovergripande verkemiddel og ­fellesoppgåver.

Miljøvernforvaltninga sine arbeidsmål

Miljøvernforvaltninga sine resultatindikatorar.

1. Sikre at miljøvernforvaltninga arbeider målretta, i samsvar med overordna retningslinjer for statsforvaltninga, og organiserer og utnyttar ressursane effektivt.

– Godt gjennomført styringsdialog med ytre etatar, Sysselmannen på Svalbard, Noregs forskingsråd, og god kommunikasjon/dialog med kommunesektoren.

– Oppdatert regelverk og kvalitativ vurdering av gjennomførte administrative tiltak.

2. Sikre eit godt avgjerdsgrunnlag i miljøvernpolitikken.

– Etablert eit enkelt, forståeleg og operativt system for dokumentasjon av resultat innan miljøvernpolitikken i samarbeid med andre departement.

– Etablert og teke i bruk gode prosessar for utvikling av og tilgang til ny kunnskap både internt og i samarbeid med andre styresmakter og Noregs forskingsråd.

– Teke i bruk eksisterande erfaring og kunnskap på ein effektiv måte.

3. Sikre at miljøvernomsyn blir formidla, forankra og integrerte i alle sektorar av samfunnet.

– Etablert og gjennomført ein løpande dialog med sektordepartementa.

– Ha formidla relevant og ny miljøkunnskap på ein føremålstenleg måte til andre departement.

– Ha opparbeidd tilstrekkeleg kunnskap om andre departement sine mål og utfordringar

– Vidareutvikla og ferdigstilt Stortingsmelding om Regjeringens miljøvernpolitikk og rikets miljøtilstand for å integrere miljøvernpolitikken i viktige prosessar og sektorar.

– Integrert miljøvernpolitiske mål og synleggjort det økologiske perspektivet i relevante stortingsdokument.

– Endra subsidie- og skatte- og avgiftssystemet i meir miljøvennleg retning, og utvikla frivillige avtaler med næringslivet.

– Medverke til fullskala drift av Grøn Stat, dvs. til at alle departement startar innføring av miljøleiingssystem i 2002 og til at alle statlege etatar har innført miljøleiing innan 2005.

4. Sikre at nasjonale rammevilkår fremjar regional/lokal handling på miljøvernområdet. Medverke til å styrkje lokal handlefridom og demokrati

– Har ei føremålstenleg og god ansvarsdeling mellom stat, fylkeskommune og kommune på miljøvernområdet.

– Har tilrettelagt for føremålstenlege system for dialog og samhandling i samband med overføring av oppgåver til kommunesektoren.

– Har medverka i arbeidet med å innlemme miljøvernavdelingane i «det nye fylket» på ein god måte.

– Talet på kommunar som har slutta seg til Fredrikstad­erklæringa.

5. Formidle informasjon og leggje til rette for god kommunikasjon med ulike målgrupper om lokale, nasjonale og globale miljøutfordringar.

– Skapt nye kommunikasjonskanalar for bestemte målgrupper.

– Lagt til rette for ei meir opa haldning og auka tilgjenge til miljøinformasjon.

– Utnytta dei høva elektroniske medium gir, m.o.t. ulike typar og former for informasjonsformidling.

– Løpande formidla Regjeringa sin miljøvernpolitikk via aktuelle kommunikasjonskanalar.

Leiing- og kompetanseutvikling står sentralt for å sikre effektiv og planlagt bruk av ressursane. Det blir arbeidd kontinuerleg med å utvikle personalressursane og vidareutvikle sentrale personalpolitiske område. Departementet har m.a. gjennomført ei 360 graders leiarevaluering. I tillegg blir ulike opplæringstiltak gjennomført både innanfor miljøfaglege og tverrfaglege område.

Bruken av informasjonsteknologi skal medverke til effektive og betre arbeidsprosessar. Departementet innfører no elektronisk saksbehandling. Samtidig er Intranettet lansert i ny utgåve for å støtte betre opp om dei ulike arbeidsoppgåvene som intern informasjon og samhandling i departementet. SFT og DN har utvikla elektroniske utgåver av sine serviceerklæringar. Strategi for IT i heile miljøvernforvaltninga blir følgt opp som eit forpliktande samarbeid mellom departement og etatar. Samtidig blir det interne samarbeidet om IT-spørsmål styrkt på tvers av avdelingane i departementet. Gjennom arbeid med dei fire satsingsområda i strategien er det fokusert på meir effektiv samhandling og dataforvaltning, modernisering av informasjonsløysingar i forvaltninga, utvikling av IT-kompetanse og bruk av IT i organisasjonsutvikling.

Arbeidsmål 2. Sikre eit godt avgjerdsgrunnlag i ­miljøvernpolitikken.

Miljøvernforvaltninga har ansvar for utvikling og drift av systema for dokumentasjon og kvalitetssikring av norske miljødata. Miljøvernforvaltninga skal syte for at data som blir brukt i statlege og sentrale internasjonale rapportar er autoriserte og offisielle norske miljødata. Eit system for resultatdokumentasjon i miljøvernpolitikken er under utvikling. Det blir m.a. lagt opp til ei systematisk innsamling av miljødata og dokumentasjon av resultata av Regjeringa sin samla miljøvernpolitikk gjennom miljøovervaking, miljøstatistikk og sektorvis miljørapportering. Systemet vil gi viktig informasjon for å vurdere utviklinga i miljøet og gjennomføringa av politikken innanfor kvar sektor, og identifisere behovet for ny politikk. Referansesystemet for miljøinformasjon skal innehalde tilvisingar til alle miljødata som blir nytta i Stortingsmelding om Regjeringens miljøvernpolitikk og rikets miljøtilstand (RM), «Miljøstatus i Norge» på Internett og internasjonal rapportering. Arbeidet med dataproduksjon, forvaltning og formidling er òg knytt opp mot IT-strategi for miljøvernforvaltninga.

Miljøverndepartementet samarbeider med Noregs forskingsråd for å sikre at kunnskapsproduksjonen blir målretta, og at resultata frå forskinga blir formidla slik at dei òg kan nyttast av andre avgjerdstakarar. Det er lagt stor vekt på å formidle nye forskingsresultat til avgjerdstakarane på ein god måte, og at forvaltninga får forståing for i kor stor grad forskingsresultat ligg til grunn for forvaltninga sitt eige arbeid og dei avgjerder den tek. Nye kunnskapsbehov og resultat av forskingsinnsatsen som er finansierte av Miljøverndepartementet, er omtalt under dei enkelte resultatområda. Gjennom EØS-avtala deltek Noreg i EU sitt 5. rammeprogram for forsking. Norske forskingsmiljø har markert seg godt, m.a. i miljødelen av rammeprogrammet.

Arbeidsmål 3. Sikre at miljøvernomsyn blir formidla, forankra og integrerte i alle sektorar av samfunnet.

Miljøprofilen i statsbudsjettet og rapportering om status i miljøvernpolitikken er omtalt i Stortingsmelding om Regjeringens miljøvernpolitikk og rikets miljøtilstand. Gjennom sektorvise miljøhandlingsplanar skal departementa setje nye arbeidsmål og gjere greie for verkemiddel og tiltak. Miljøhandlingsplanar er utarbeidde av ­Samferdsledepartementet, Forsvarsdepartementet, Fiskeridepartementet, Olje- og energidepartementet, Kyrkje-, utdannings- og forskingsdepartementet, Kommunal- og regionaldepartementet, Nærings- og handelsdepartementet og Landbruksdepartementet. I år vil det bli utarbeidd planar for Finansdepartementet, Kulturdepartementet, Justisdepartementet og Utanriksdepartementet. Nettverk for miljølære er utvikla til å bli eit godt hjelpemiddel for lærarar og elevar på alle nivå innanfor skuleverket. Mange skular nyttar nettverket sine Internettsider, som òg er kopla opp mot «Miljøstatus i Noreg» for utdjupande bakgrunnsinformasjon. Både spørsmål knytte til berekraftig utvikling og miljøvernforvaltninga sitt arbeid med miljøinformasjon og stadfesta informasjon er synleggjort i det tverrdepartementale samarbeidet om eNoreg-planen.

Arbeidsmål 4. Sikre at nasjonale rammevilkår ­fremjar regional/lokal handling på miljøvern­området. Medverke til å styrkje lokal handlefridom og demokrati.

Gjennom programmet for fornying av offentleg sektor tek Regjeringa sikte på å desentralisere oppgåver og mynde til fylkeskommunar og kommunar for å styrkje og revitalisere det lokale demokratiet.

I tråd med Stortingsmelding nr. 31 (2000-2001) «Kommune, fylke, stat – en bedre oppgavefordeling» – vil regionale miljøvernoppgåver bli overførte frå fylkesmannen til fylkeskommunen, med unntak av klagebehandling og legalkontroll. Med unntak av dei ressursane som er knytte til klagebehandling av kommunale enkeltvedtak og legalkontroll, må dei faglege og administrative ressursane som i dag blir nytta på oppgåver knytte til miljøvern hos fylkesmannen trekkjast ut av fylkesmannsembetet. Dette inneber at det tidlegare fagkapitlet 1406 Miljøvernavdelingane hos fylkesmannsembeta som vart innlemma i kap. 1510 Fylkesmannsembetet frå 1.1.2001, og dei tidlegare overførte administrative økonomiske ressursane til same kapittel, i all hovudsak blir trekte ut av kap.1510. Kap. 1510 er administrert av Arbeids- og administrasjonsdepartementet. Ressursbruken knytt til klagebehandling av kommunale enkeltvedtak er av Miljøverndepartementet rekna til ca. 1/2 årsverk per fylke. Det må gjerast endringar i lov og forskrifter før overføringa kan skje i 2003. Miljøvernforvaltninga vil i tida framover arbeide med å konkretisere oppgåvefordelinga på regionalt nivå, arbeide med å utvikle system for dialog og samhandling og medverke til å innlemme miljøvernavdelinga i «det nye fylket» på ein god måte.

Samtidig er det òg ønske om å styrkje det kommunale miljøvernarbeidet ved å gi kommunane auka ansvar, større fridom og fleire verkemiddel for å ivareta miljøvernoppgåver av lokal karakter, og medverke i arbeidet med å ivareta nasjonale og globale miljøutfordringar. Kommunen er den politiske og administrative eininga som står nærmast lokalbefolkninga og lokale behov. Kommunen bør derfor ha mynde og høve til å ivareta og utvikle eit godt miljø lokalt – både når det gjeld vass- og luftkvalitet, biologisk mangfald og tilgang på område for rekreasjon, kulturminne og kulturmiljø. På mange område manglar kommunene likevel dei nødvendige verkemidlane for å kunne sikre den utviklinga som ein ønskjer lokalt.

Kommunane skal i utgangspunktet få mynde i høve til alle forureiningsspørsmål av lokal karakter, og vere styresmakt overfor lokale utfordringar knytte til friluftsliv, vern av biologisk mangfald og kulturminnevern. Ved vurderinga av kva oppgåver kommunane skal løyse, bør det likevel takast omsyn til at nasjonale verkemiddel i enkelte tilfelle kan vere kostnadseffektive og føremålstenlege å nytte, både overfor miljøutfordringar av lokal karakter, til å ivareta eventuelle internasjonale plikter, og til kva som vil vere ei effektiv og føremålstenleg ansvars- og arbeidsdeling.

Staten skal framleis ha hovudansvar for nasjonale og overnasjonale miljøutfordringar. Dette krev at staten er tydeleg på kva som skal definerast som nasjonale interesser. På område der kommunane har – eller blir tillagt oppgåver – for å løyse nasjonale eller overnasjonale miljøutfordringar, vil det vere større behov for statleg styring og klare statlege rammer.

Den konkrete delinga av ansvar og mynde mellom stat og kommune på miljøvernområdet blir drøfta i konsultasjonsprosessen i år mellom Regjeringa og Kommunanes Sentralforbund (KS). Før ansvar og mynde kan overførast til kommunen vil det vere behov for ein del lov- og forskriftsendringer m.m. Regjeringa tek derfor sikte på at overføringa av meir ansvar og mynde til kommunane kan skje gradvis frå 2002 til 2005.

Mange kommunar har i dag monaleg eigenkompetanse, og har lange tradisjonar med å skaffe seg den kompetansen som oppgåva krev. Det vil likevel ikkje vere naturleg eller føremålstenleg at kommunane, verken saman eller kvar for seg, skal ha spesialkompetanse på alle enkeltområde eller ressursar/kompetanse til å utvikle føremålstenlege verktøy. For å medverke til å styrkje det kommunale miljøvernarbeidet og til ei effektiv forvaltning vil derfor Regjeringa hjelpe til med å utvikle støttefunksjonar for kommunane på regionalt og nasjonalt nivå.

Interkommunalt samarbeid fungerer bra i mange regionar. Gjennom dette kan ein utløyse stordriftsfordelar og utvide kompetansen. Interkommunalt samarbeid bør derfor utnyttast av kommunane òg i det vidare arbeidet med miljøutfordringar.

Det nasjonale stimuleringsprogrammet for lokal Agenda 21 (1997-2001) har hatt som målsetjing å oppmuntre kommunane til å bruke LA 21 som ein lokalpolitisk metode for å trekkje lokalbefolkninga, organisasjonar og næringsliv sterkare inn i ein debatt om lokale utfordringar når det gjeld berekraft. Programmet har gitt gode resultat viser rapporten «Miljøvernlederstillinger og lokal Agenda 21 – Hva er status?»frå forskingsprogrammet ProSus (rapport nr.1/2000). Ca. 260 kommunar, alle fylkeskommunane og ei rekkje sentrale organisasjonar, m.a. LO og Den norske kyrkja, har til no slutta seg til Fredrikstaderklæringa.

I løpet av dei siste tre åra har delen av kommunar som har teke opp lokal Agenda 21 til politisk drøfting i kommunestyre eller formannskap auka frå 16 til 49 %. Over halvparten oppgir at dei har sett av eigne ressursar til dette arbeidet. Meir enn kvar tredje kommune oppgir at arbeidet er under intern førebuing i kommunen.

Ei hovudsatsing frå styresmaktene si side i programperioden har vore ei ordning med LA 21-knutepunkt i fylka. I 13 fylke er koordineringsfunksjonen lagt til Kommunanes Sentralforbund, i dei andre fylka til fylkeskommunen eller fylkesmannen. Det er òg gjort forsøk med eit samisk knutepunkt, og denne ordninga blir evaluert særskilt. 71 % av kommunane som arbeider med lokal Agenda 21 oppgir å ha vore i kontakt med knutepunkta eller meiner at knutepunkta har vore viktige for arbeidet deira.

Dei frivillige organisasjonane har fått støtte til kompetanseutvikling for å auke lokalt engasjement og samspel. Stiftelsen Idebanken er blitt styrkt som støttefunksjon og kompetansesenter for kommunane i deira LA 21-arbeid. Den nasjonale LA 21-konferansen Synergi 21 som blir arrangert i Stavanger i oktober 2001 skal bli ei synleggjering av breidda og kontinuiteten i LA 21-arbeidet. LA 21-arbeidet i kommunane skal stimulerast vidare gjennom reforma på miljøvernområdet.

Arbeidsmål 5. Formidle informasjon og leggje til rette for god kommunikasjon med ulike målgrupper om lokale, nasjonale og globale miljøutfordringar.

Internett er ein sentral kanal for informasjonsformidling. Store mengder miljøinformasjon er allereie gjort tilgjengeleg under ei felles inngangsside for miljøvernforvaltninga, www.miljo.no.

Både informasjonsmengda og den teknologiske utviklinga har medverka til at MD sine internettsider er blitt ein betre formidlingskanal. Døme på dette er m.a. at alle høyringssaker blir lagt ut på nettet med høve til å sende inn høyringsuttalene elektronisk, og det er oppretta eit debattforum om barn og unge i planlegginga. Auka tilgjenge og ei meir opa haldning er m.a. i tråd med Århuskonvensjonen og retten til miljøinformasjon. Bruken av Internett i miljøvernforvaltninga blir òg sett i samanheng med IT-strategien. Dette gjeld særleg vidare utvikling av interaktive, brukartilpassa informasjonsløysingar.

Under www.miljo.no er «Miljøstatus i Norge» den sentrale nettstaden når det gjeld fakta og annan informasjon knytt til tilstand og utvikling for dei miljøvernpolitiske resultatområda.

Talet besøk på Miljøverndepartementet sine nettsider har auka klart sidan første registrering av statistikk på nye Odin i oktober 2000. Også «Miljøstatus i Norge» har hatt ein klar framgang i talet på besøk.

Pressa og frivillige organisasjonar er viktige målgrupper for Miljøverndepartementet, på grunn av den rolla dei har som vidareformidlarar. Vi legg derfor særleg vekt på at desse gruppene får god tilgang til informasjon slik at dei på sin måte kan formidle vidare til sine målgrupper. På tradisjonell måte blir det òg utarbeidd artiklar og kronikkar til aviser og tidsskrifter, og det blir arrangert pressekonferansar ved viktige hendingar.

Som eit ledd i arbeidet med å skape auka oppslutning om miljøvernpolitikken har Miljøverndepartementet sett i gang det femårige prosjektet 070605 – Tid for forandring. Gjennom nye kommunikasjonskanalar og saman med nye samarbeidsaktørar har prosjektet fått stor merksemd og oppslutning rundt omkring i landet. Det har òg medverka til å gi miljøarbeidet ein ny dimensjon ved å fokusere på livskvalitet og det gode liv. Prosjektet varer fram til 2005.

Verkemiddel

Resultatområdet er planlagt finansiert med 453,8 mill. kr over Miljøverndepartementet sitt budsjett for år 2002. Resultatområdet omfattar innsatsen av områdeovergripande verkemiddel og fellesoppgåver på tvers av alle resultatområda 1-10 på departements-, direktorats- og fylkesmannsnivå, og blir finansiert av alle delar av miljøvernforvaltninga, jf. kap 1400, 1410, 1425, 1425, 1427, 1429, 1441 og 1471. Tilskot til miljøvernorganisasjonane er òg eit viktig verkemiddel for å styrkje medverknad og engasjementet omkring ulike miljøspørsmål, jf. kap. 1401, post 70. For år 2002 er det totalt avsett ca.95,3 mill. kr til miljøovervaking over Miljøverndepartementet sitt budsjett, jf. kap. 1410, postane 21 og 60. I tillegg blir lønn og drift av fylkesmannen sine miljøvernavdelingar finansiert over kap. 1510, jf. St.prp. nr. 1 (2001-2002) for Arbeids- og administrasjonsdepartementet.

Miljøverndepartementet utviklar og forvaltar ei rekkje lover, reglar og instruksar som har innverknad på miljøsektoren og plansida, f.eks. plan- og bygningslova, forureiningslova m.m. Gjennom stimuleringsprogrammet for Lokal agenda 21 er det satsa monaleg på informasjon som verkemiddel ved å etablere eigen nettstad og eige informasjonstidskrift. Informasjonstiltak er vidare eit viktig verkemiddel for å nå måla i kommunereforma.

Ein effektiv og målretta organisasjon er eit avgjerande verkemiddel for gjennomføring av Miljøverndepartementet sine mål.

Grøn stat – strategi for integrering av miljø­ansvar i drifta av staten

I tråd med St. meld. nr. 24 (2000-2001), blir det gitt ei omtale av korleis arbeidet med å integrere miljøomsyn i verksemda til staten skal førast vidare.

Bakgrunn

Staten har eit stort potensial til å påverke miljøet, både gjennom eiga drift, eige forbruk og gjennom påverknad av produksjon av varer og tenester. Statlege verksemder medverkar til utslepp av klimagassar og miljøgifter, forbruk av ikkje fornybare ressursar, forureinande transport og avfallsgenerering, sjølv om dei fleste statlege etatane har ei driftsform som ikkje medfører store enkeltutslepp samanlikna med tradisjonell industri. Statleg og kommunal forvaltning nyttar i følgje Statistisk sentralbyrå ca. 7,3 TWh elektrisitet per år. Dette utgjer vel 10 prosent av energiforbruket i den samla bygningsmassen i bustader og yrkesbygningar i Noreg, og svarar til 2-3 gonger den elektrisitetsmengda som eit gasskraftverk av den typen som er planlagt på Kårstø og Kollsnes kan produsere.

Staten påverkar òg miljøet indirekte gjennom sin innkjøpspolitikk. Ved å føretrekkje dei mest miljøvennlege alternativa kan staten medverke til å vri produksjonen i ei meir miljøvennleg retning.

Å gjennomføre miljøtiltak inneber gjerne å redusere forbruket av miljøskadelege produkt, redusere energiforbruket, auke gjenvinninga o.l. Slike tiltak gir oftast òg økonomiske gevinstar. Dersom statleg og kommunal forvaltning kunne redusere elektrisitetsbruken sin med 20 prosent, som er vanleg effekt av å innføre ENØK-tiltak i yrkesbygningar, ville det medføre ein reduksjon på ca. 1,5 TWh per år, som ville gitt ei økonomisk innsparing på inntil 750 mill. kr.

Prøveprosjektet «Grøn Stat»

I 1998 vart det starta eit prøveprosjektet kalla «Grøn Stat». Formålet med prosjektet har vore å få ei systematisk utprøving av korleis ein best kan integrere miljøomsyn i staten si eiga drift og få dokumentert verknadene av dette. 10 statlege etatar har delteke i prosjektet som blir avslutta i år. Etatane har kartlagt korleis dei påverkar miljøet, utvikla handlingsplanar for miljøtilpassa drift og prøvd ut ei rekkje miljø- og ressurssparande tiltak. Prosjektet vil først bli evaluert etter at det er avslutta, men allereie no er det likevel klart at gjennomførte tiltak har redusert vesentleg miljøpåverknaden frå dei deltakande etatane. Gode døme kan hentast frå Noregs landbrukshøgskule, Oljedirektoratet og Statens forvaltningsteneste. Utrekningar tyder førebels på at ei rekkje av dei gjennomførte tiltaka både gir positiv miljøeffekt og samtidig økonomisk gevinst for den enkelte etat fordi tiltaket medfører redusert bruk av straum og andre ressursar, og at den samfunnsøkonomiske nytten så langt overstig kostnadene.

Strategi – heile staten skal bli grøn

Staten har eit ansvar for å redusere negativ miljøpåverknad frå eiga drift. Arbeidet med ein grønare stat er derfor eit ledd i satsinga for å fornye og effektivisere statsforvaltninga. Regjeringa meiner at staten må gå føre i miljøarbeidet og vil føre vidare Grøn Stat i full skala, slik at heile staten integrerer miljøomsyn i drifta si. Dette vil omfatte den administrative kontordrifta, drift av staten sine eigedommar, statleg tenesteyting og forvaltning. Regjeringa vil leggje følgjande mål til grunn for arbeidet med å integrere miljøomsyn i drifta av staten: Alle statlege etatar og verksemder skal innan 2005 ha innført miljøleiing som ein integrert del av organisasjonen sitt styringssystem.

Meir konkrete målsetjingar (f.eks. redusert energiforbruk) må setjast opp for den enkelte organisasjon basert på kartlegging av drifta i dag og potensial for betring i den enkelte etat og verksemd. Dei nasjonale resultatmåla skal likevel leggjast til grunn på same måte som for andre sektorar, og vil altså styre ambisjonsnivået i den enkelte etat og verksemd.

For å sikre god nok framdrift og forankring i arbeidet skal alle departementa gå føre og starte arbeidet med innføring av eit enkelt system for miljøleiing allereie i 2002. Deretter vil regjeringa kvart år gi oppdrag til eit visst tal etatar og verksemder som i løpet av eitt år skal innføre eit slikt system.

Regjeringa legg altså opp til at innføring av såkalla miljøleiingssystem skal sikre at staten tek miljøomsyn i drifta si. Eit miljøleiingssystem er eit system for å styre, overvake og redusere verksemda si miljøbelastning. Miljøleiing kan vere basert på godkjende standardar som ISO 14001 og EMAS, eller på mindre omfattande system. Regjeringa tilrår at statlege etatar og verksemder først innfører eit forenkla system som er utvikla under prøveprosjektet Grøn Stat. Dette kan eventuelt seinare utviklast til meir omfattande system.

I tillegg til å stille krav om innføring av miljøleiingssystem, vil Regjeringa oppfordre statlege etatar til å fokusere spesielt på område der det kan vere eit stort potensial for å redusere miljøbelastninga m.a. når det gjeld energibruk, innkjøp, transport og avfallshandtering.

Det offentlege kjøper varer og tenester for meir enn 200 mrd. kroner årleg. Ved å stille miljøkrav til leveransane kan staten påverke produksjon av varer og tenester i ei meir miljøvennleg retning. Ei ny lov om offentlege innkjøp trådde i kraft 1. juli 2001. Lova omfattar både statlege, kommunale og fylkeskommunale innkjøp. Den inneheld ei særskilt føresegn om at alle oppdragsgivarar som er omfatta av føresegnene, pliktar å ivareta miljøomsyn i planlegginga av sine innkjøp. Nærings- og handelsdepartementet forvaltar lova og skal utarbeide ein vegleiar for korleis ein kan ta miljøomsyn i samsvar med den nye lova. I tillegg skal Arbeids- og administrasjonsdepartementet med utgangspunkt i den nye lova fastsetje ein ny statleg innkjøpspolitikk med miljøprofil. Denne vil medverke til å klargjere måla med statlege innkjøp og samtidig fremje miljøomsyn ved innkjøp.

For å sikre at statlege etatar og verksemder får god nok kunnskap og kompetanse på dette området, tek Regjeringa sikte på å medverke til at det blir utvikla eit kursopplegg tilpassa statlege verksemder. Det vil bli oppretta eit prosjekt i Miljøverndepartementet som i samarbeid med m.a. Arbeids- og administrasjonsdepartementet skal koordinere arbeidet i dei ulike etatane og verksemdene, formidle kontakt med kompetansemiljø og samarbeidspartar, stå føre kursopplegg m.m. Prosjektet vil i samarbeid med dei andre departementa kvart år fram til 2005 peike ut nye etatar som det påfølgjande år skal innføre miljøleiingssystem. Kvart departement vil få ansvar for innføring av Grøn Stat i eige hus og i underliggjande etatar.

Som nemnt er målsetjinga med Grøn Stat-arbeidet å redusere negativ miljøbelastning som følgje av staten si eiga drift. I tillegg er staten ansvarleg for å iverksetje verkemiddel som medverkar til redusert miljøpåverknad frå andre sektorar, jf. omtalen av sektorvise miljøhandlingsplanar. Verkemiddel for å påverke miljøbelastninga frå andre sektorar inngår altså ikkje i Grøn Stat-arbeidet. Det blir likevel lagt opp til at resultata av dette arbeidet skal omtalast i dei sektorvise miljøhandlingsplanane på linje med resultat av andre verkemiddel som det enkelte departement har ansvar for. Regjeringa tek vidare sikte på å gi ei oversikt over oppnådde resultat i dette arbeidet i seinare stortingsmeldingar om Regjeringens miljøvernpolitikk og rikets miljøtilstand. I tillegg vil Riksrevisjonen kunne revidere Grøn Stat-arbeidet i forvaltninga, på same måten som dei har denne rolla i forhold til andre forvaltningsoppgåver.

Til forsida