St.prp. nr. 1 (2001-2002)

FOR BUDSJETTERMINEN 2002 — Utgiftskapittel: 1400-1471, 2422 og 2465 Inntektskapittel: 4400-4471, 5322 og 5621

Til innhaldsliste

Del 3
Miljøverndepartementet sitt budsjettforslag for 2002

Programkategori 12.10 Fellesoppgåver, regional planlegging, forsking, internasjonalt arbeid m.m.

Utgifter under programkategori 12.10 fordelte på kapittel

 

(i 1 000 kr)

Kap.

Nemning

Rekneskap 2000

Saldert budsjett 2001

Forslag 2002

Pst. endr. 01/02

1400

Miljøverndepartementet (jf. kap. 4400)

125 813

124 729

515 131

313,0

1401

Opplysningsverksemd, tilskot til organisasjonar

35 836

37 879

-100,0

1406

Miljøvernavdelingane ved fylkesmannsembeta (jf. kap. 4406)

286 292

1410

Miljøvernforsking og miljøovervaking (jf. kap. 4410)

219 713

310 930

336 736

8,3

Sum kategori 12.10

667 653

473 538

851 867

79,9

Utgiftene under programkategori 12.10 kan førast attende til alle resultatområda. Auken i løyving samanlikna med saldert budsjett 2001 skuldast i hovudsak at utgifter som tidlegare vart løyvde under andre programkategoriar og kapittel er lagt inn under denne programkategorien. Dette gjeld kapitla 1401, 1422, 1442, 1463 og 1470. Reduksjonen i talet på kapittel inneber ei betre oversikt over dei samla utgiftene i departementet og gjer den samla prioriteringa av tiltak enklare og meir fleksibel. Det blir elles vist til innleiinga i del 2 der det er gjort greie for budsjettvise endringar i 2002 innanfor dei ulike resultatområda.

Kap. 1400 Miljøverndepartementet (jf. kap. 4400)

 

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2000

Saldert budsjett 2001

Forslag 2002

01

Driftsutgifter

125 813

124 729

151 248

21

Spesielle driftsutgifter

62 252

60

Omstillingsprogram for å gjennomføre kommunereforma , kan overførast

5 200

70

Driftstilskot til frivillige miljøvernorganisasjoner

31 050

71

Internasjonale organisasjonar , kan overførast

32 175

72

Miljøverntiltak i nordområda , kan overførast

8 000

73

Tilskot til kompetanseformidling og informasjon om miljøvennleg produksjon og forbruk og LA-21 , kan overførast

38 925

74

Tilskot til AMAP , kan overførast

2 200

75

Miljøvennleg byutvikling , kan overførast

5 000

76

Støtte til internasjonale miljøtiltak og nasjonale energitiltak , kan overførast

9 081

78

Miljøtiltak til nikkelverka på Kola , kan overførast

170 000

Sum kap 1400

125 813

124 729

515 131

Post 01 Driftsutgifter

Auken på posten skuldast i all hovudsak at midlar som tidlegare vart budsjetterte under 01-postar under kapitla 1401, 1422, 1442, 1463 og 1470 i 2002-budsjettet blir føreslått budsjetterte under kap. 1400.

Posten dekkjer utgifter som Miljøverndepartementet har til lønn og godtgjersler for sine tilsette. Omlag to tredelar av løyvinga gjeld dette. Løyvinga dekkjer òg departementet sine driftsutgifter, under dette husleige, kjøp av materiell, inventar og utstyr, reiseutgifter, kurs- og konferanseverksemd, tiltak for kompetanseutvikling, arkiv- og kontortenester og drift og utvikling av IT-anlegget til departementet. Av desse fellesutgiftene er husleige og IT dei største.

Informasjonstiltak dekkjast og av denne posten. Innanfor departementet si informasjonsverksemd vil ein konsentrere seg om tema klima og internasjonal miljøvernpolitikk, friluftsliv/allemannsretten, kulturminnevern, miljøvennleg byutvikling, havmiljø, helse- og miljøfarlege kjemikaliar, biologisk mangfald og reforma i kommunane på miljøvernområdet. Midlane vil bli nytta til tiltak overfor media og andre målgrupper, elektronisk og papirbasert publisering, formidling av nyhende via ODIN/Internett og vidareutvikling av departementet si internettsatsing.

Meirinntekter under kap. 4400 post 02 gir grunnlag for tilsvarande meirutgifter under denne posten, jf. forslag til vedtak II nr. 1.

Post 21 Spesielle driftsutgifter

Midlane er overført frå 01-postane under kapitla 1400, 1401, 1422, 1442, 1463 og 1470.

Posten dekkjer utgifter Miljøverndepartementet har til kjøp av tenester knytte til faglege utgreiingar. I tillegg blir utgifter til enkelte mellombels stillingar i tilknyting til faglege prosjekt dekte, og mindre administrative kostnader knytte til desse stillingane. Posten omfattar alle resultatområda.

Om lag 20 mill. kr av løyvinga vil bli nytta under resultatområde 9 og 10. Tiltak i samband med byutvikling og miljøvennlege og attraktive tettstader står sentralt saman med ei styrking av Arealis-programmet og fylkesplanlegginga. Til å føre vidare satsingsområdet «Planlegging for alle», tilgjenge for funksjonshemma i samfunnsplanlegginga, som har gått fram til 2001, er det sett av midlar til å følgje opp med eit handlingsprogram under nemninga «Universell utforming». Det er overført 2,4 mill. kr frå Sosial- og helsedepartementet (kap. 674 post 21) til dette tiltaket.

I overkant av 10 mill. kr er planlagt nytta til oppfølging av m. a. kommunereforma, Grøn stat, avfallsreduksjon og utgreiingar knytte til havmiljø.

Om lag 15 mill. kr vil bli nytta til tiltak og samarbeid på det nordiske og internasjonale området, og til utgreiingar innafor prioriterte område som klima. Det er òg avsett midlar til forvaltning av tilskotet til modernisering av nikkelverket i Petsjenga på Kola, jf. kap. 1400 post 78 nedanfor.

Dei resterande midla vil bli nytta til informasjonsverksemd og tiltak innanfor områda naturforvaltning og kulturminne. Fylkesmannens arbeid med auka tilgang for allmenta i strandsona, vil bli videreført.

Meirinntekter under kap. 4400 post 21 gir grunnlag for tilsvarande meirutgifter under denne posten, jf. forslag til vedtak II nr. 1.

Post 60 Omstillingsprogram for å gjennomføre kommunereforma, kan overførast

Mål:

Tilskotsordninga skal medverke til å utvikle og halde oppe kompetanse i kommunesektoren i samband med at kommunesektoren får overført meir ansvar og mynde på miljøvernområdet.

Ordninga skal dekkje omstillingskostnader for kommunesektoren knytte til m.a. opplæring og kompetanseutvikling i samband med at kommunesektoren får overført meir ansvar og mynde på miljøvernområdet. Omstillingsprogrammet startar i 2002, og vil vare 3-5 år. Det blir ikkje stilt krav til kommunal eigenbetaling.

Kriterium for tildeling gjennom programmet vil m.a. kunne vere:

  • Stønad til utvikling og gjennomføring av program for kompetanseutvikling. Målgruppa for opplæringa skal vere både politikarar, leiarar og saksbehandlarar og opplæringa skal vere skreddarsydd for dei ulike målgruppene.

  • Stønad til tiltak som aukar kunnskapen om korleis fysiske, organisatoriske og økonomiske rammevilkår best kan leggjast til rette for å fremje lokalt miljøvern og miljøvennleg praksis.

  • Stønad til nyskapande tiltak og strategiar som fremjar lokalt miljøvern og ein miljøvennleg praksis.

  • Stønad til utvikling av samarbeidsformer og nettverksbygging som mobiliserer eksisterande kompetanse og lokalkunnskap frå lokale aktørar som f.eks. frivillig sektor.

Tiltaka skal ha overføringsverdi til andre kommunar.

Oppfølging og kontroll:

Sluttrapport og rekneskapsrapport tilpassa storleiken på tilskotet blir kravd av mottakar av tilskotet etter avslutta prosjekt.

Post 70 Driftstilskot til frivillige miljøvernorganisasjonar

Posten er flytt frå kap 1401 post 70.

Posten omfattar alle driftstilskot til frivillige miljøvernorganisasjonar som blir gitt over Miljøverndepartementet sitt budsjett. Det blir ikkje føreslått endringar i storleiken på driftstilskota for dei organisasjonane som fekk slik støtte i år 2001, med unntak av Norges Miljøvernforbund som får ein auke på 100.000 kr. Posten omfattar i tillegg ein ny organisasjon, Blekkulf. Blekkulf er ein landsomfattande organisasjon med miljøvern som hovudarbeidsfelt og den gjer eit verdifullt arbeid ved å styrkje miljøinteressa hos barn og unge. Organisasjonen oppfyller krava som er stilte til å yte grunnstøtte til frivillige miljøvernorganisasjonar.

Organisasjonen har til no berre fått prosjektstøtte frå MD etter søknad og i konkurranse med andre.

Mål:

Tilskotsordninga skal medverke til å halde oppe eit breitt utval av demokratisk oppbygde, landsomfattande organisasjonar med miljøvern som hovudarbeidsfelt, for å sikre frivillig engasjement og styrkje medverknaden i miljøvernspørsmål lokalt, regionalt og sentralt, basert på fagleg innsikt. Fastsetjing av storleiken på driftstilskota byggjer m.a. på ei vurdering av organisasjonane sitt aktivitetsnivå lokalt, deira økonomi og alternative høve til finan­siering, og ikkje på medlemstal åleine. Det blir ikkje gitt grunnstøtte til private stiftingar over denne posten.

Tabell 20.1 Grunnstøtte til frivillige miljøvernorganisasjonar.

Organisasjon

Rekneskap 2000

Vedteke budsjett 2001

Forslag

2002

Miljøheimevernet

6 850

7467

7467

Norges Naturvernforbund

3 500

3814

3814

Framtiden i våre hender

1 280

1400

1400

Den Norske Turistforening

2 325

2560

2560

Norges Jeger- og fiskerforbund

3 250

3510

3510

Fortidsminneforeningen

2 025

2235

2235

Friluftslivets fellesorganisasjon

1 600

1730

1730

Norges Velforbund

1 500

1655

1655

Norsk Ornitologisk Forening

975

1055

1055

Norsk forening for fartøyvern

775

865

865

Forbundet Kysten

865

945

945

Natur og Ungdom

650

750

750

Norsk forening mot Støy

520

570

570

Norsk Vannforening

163

163

Kulturvernets fellesorganisasjon

435

475

475

Samarbeidsrådet for biologisk mangfold

300

500

500

WWF-Norges Medlemsforening

400

400

Norges Miljøvernforbund

45

50

150

Norsk Biologforening

60

69

69

Norsk Zoologisk Forening

40

46

46

Norsk Entomologisk Forening

60

69

69

Norsk Botanisk Forening

60

69

69

Foreningen Våre Rovdyr

50

110

110

Norsk Soppforening

43

43

Blekkulfs miljødektektiver

400

Sum

27 165

30550

31050

Oppfølging og kontroll

Oppfølging og kontroll går føre seg ved generell formalia- og sannsynskontroll av innsende årsmeldingar og rekneskap stadfest av revisor.

Post 71 Internasjonale organisasjonar, kan overførast

Posten er overført frå kap. 1470 post 71.

Midlane under denne posten gjeld alle resultatområde, unnateke resultatområde 11 Områdeovergripande verkemiddel og fellesoppgåver.

Mål:

Målsetjinga med løyvinga er å medverke til å halde oppe drifta av organisasjonar som utfører eit viktig miljøretta arbeid som har verdi for Noreg.

Løyvinga skal dekkje obligatoriske bidrag til internasjonale organisasjonar som Noreg deltek aktivt i. Løyvinga under denne posten er ei direkte følgje av at Stortinget har ratifisert avtaler med budsjettbindingar, eller at Regjeringa har vedteke norsk medlemskap. Ordninga er ikkje open for søknad.

Følgjande internasjonale organisasjonar får bidrag:

  • FN sitt miljøfond (UNEP)

  • Den internasjonale hydrografiske organisasjon (IHO)

  • Den internasjonale naturvernunion (IUCN)

  • Fellessekretariat for Oslo- og Pariskonvensjonane og Bonnavtalen (oljeforureining)

  • Interimsekretariat for Ramsarkonvensjonen (vern av våtmarker)

  • Konvensjonen om internasjonal handel med truga arter (CITES)

  • Konvensjonen om trekkjande arter av ville dyr (Bonnkonvensjonen)

  • Konvensjonen om vern av ozonlaget (Wienkonvensjonen)

  • Protokoll om stoff som reduserer ozonlaget (Montrealprotokollen).

  • Sekretariatet for Laksekonvensjonen

  • Biodiversitetskonvensjonen

  • Internasjonalt studiesenter for bevaring og restaurering av kulturminnesmerke (ICCROM)

  • Det europeiske overvakingsprogram for langtransport av luftforureiningar (EMEP)

  • Konvensjonen om kontroll med grenseoverskridande transport av farleg avfall (Baselkonvensjonen)

  • Miljøverndepartementet sin del av det norske bidraget til grunnkapital i Det nordiske miljøfinansieringsselskap (NEFCO)

  • Det europeiske miljøvernbyrået (EEA)

  • FN sitt klimapanel (IPCC)

  • FN sin Rammekonvensjon om klimaendringar (UNFCCC)

  • Seas at Risk

  • Stockholmkonvensjonen om persistente organiske sambindingar (POP)

Kontroll overfor tilskotsmottakar:

Kontroll skjer ved generell formalia- og sannsynskontroll av reviderte rekneskapar og årsrapportar.

Post 72 Miljøverntiltak i nordområda, kan overførast

Posten er overført frå kap. 1470 post 72. Midlane under denne posten er retta mot resultatområde 8. Løyvinga er oppretta for å styrkje miljøvernkompetansen retta mot nordområda. Relevante tilskotsmottakarar blir tilskrivne.

A: Tilskot til drift av Polarmiljøsenteret A/S

Mål:

Målet med ordninga er utvikling av Polarmiljøsenteret A/S i Tromsø.

Kontroll overfor tilskotsmottakar:

I tillegg til fagleg kontakt blir det motteke årsrapportar og reviderte rekneskapsrapportar frå tilskotsmottakar. Kontroll skjer ved generell formalia- og sannsynskontroll av årsrapport og rekneskap, ved kontroll av tilskotsmottakaren si faktiske etablering i senteret og ved at tre av departementet sine direktorat deltek i selskapet sitt styre.

B: Tilskot til FoU-verksemd

Mål:

Målet med tilskotsordninga er å styrkje miljøvernkompetansen retta mot nord­områda. Målgruppa for tilskotsordninga er samarbeidande forskingsinstitutt som er deltakarar i Polarmiljøsenteret.

Kriterium for oppfølging:

Forskingsinstitutta og andre som får tilskot rapporterer på talet iverksette og avslutta FoU-prosjekt, mengda av publiserte og selde publikasjonar, under dette også ved internasjonal referee.

Kontroll overfor tilskotsmottakar:

Det blir motteke årsrapportar og reviderte rekneskapsoversikter for tilskota. Kontroll skjer ved generell formalia- og sannsynskontroll av dei innsende rapportane.

Post 73 Tilskot til kompetanseformidling og informasjon om miljøvennleg produksjon og forbruk og LA 21, kan overførast

Posten er overført frå kap 1442 post 70.

Posten er redusert i forhold til i fjor, m.a fordi stimuleringsprogrammet for lokal Agenda 21 (LA 21) blir avslutta ved utgangen av 2001. Dette inneber at dei fleste tilskota på denne posten må påreknast noko reduserte i forhold til i fjor.

A. Drifts- og prosjekttilskot til spesifiserte ikkje-statlege verksemder

Mål:

Målet med ordninga er å påverke produksjons- og forbruksmønsteret og støtte opp under lokal Agenda 21-arbeidet ved å byggje opp og formidle kompetanse om miljøvennleg produksjon og forbruk, og stimulere til berekraftig praksis i hushald og i private og offentlege verksemder. Helse- og miljøfarlege kjemikaliar og avfallshandtering vil vere særleg viktige område. Ordninga omfattar:

  • drifts- og prosjekttilskot til Stiftelsen for berekraftig produksjon og forbruk, GRIP Senter, som skal medverke til berekraftig produksjon og forbruk ved å utvikle og formidle kunnskap om metodar som sameiner auka verdiskaping med redusert ressursbruk og miljøbelastning. Senteret er òg eit nasjonalt informasjons- og kompetansesenter for helse- og miljøfarlege kjemikaliar, og sekretariat for «ØkoBygg», eit program for bransjeutvikling som skal stimulere til meir miljøeffektive bustader og bygg. ØkoBygg får òg støtte frå andre departement, bl. a. over Kommunal- og regionaldepartementet sitt budsjett kap. 581, post 73 Bustad- og bumiljøtiltak

  • driftstilskot til stiftelsen Miljømerking i Norge, som skal stimulere næringslivet si satsing på å utvikle meir miljøvennlege produkt og stimulere forbrukarane til val av desse (ordninga er nærare omtalt i Barne- og familiedepartementets budsjett­proposisjon)

  • driftstilskot til GRID Arendal. GRID Arendal vart etablert i 1989 som ei stifting knytt til FN sitt miljøprogram (UNEP). Hovudoppgåvene til GRID Arendal er å vere eit internasjonalt senter for miljøinformasjon og støtte UNEP sine aktivitetar på dette området. I samsvar med avtale mellom Noreg og UNEP medverkar Noreg med 4,0 mill. kr til grunnfinansiering av GRID Arendal.

  • drifts- og prosjekttilskot til Stiftelsen Idébanken. Stiftinga har som formål å fremje og formidle praktiske, lokale forsøk på å realisere ei berekraftig utvikling og har både kommunar, næringsliv og frivillige organisasjonar som målgruppe. Idébanken har ei sentral rolle som støttefunksjon for kommunane sitt arbeid med LA 21 og skal vidareutvikle si rolle i samband med miljøvernreforma i kommunane. Stiftinga Idébanken skal òg vere sentral i arbeidet med prosjektet «07-06-05 – Tid for forandring». Prosjektet varer fram til 2005.

  • driftstilskot til Miljøfyrtårn-programmet som skal medverke til å motivere lokalt næringsliv til å bli meir miljøeffektive

  • drifts- og prosjekttilskot m.m. til ORIO-programmet for auka gjenvinning av våtorganisk avfall og slam, som skal samanstille eksisterande kunnskap, avdekkje kunnskapshol, initiere forskings- og utgreiingsoppgåver, formidle informasjon og medverke til betre dialog mellom produsent og mottakar. Programmet får også midlar frå Landbruksdepartementet.

  • Drifts- og prosjekttilskot til LOOP, ei stifting etablert av 10 returselskap for avfall, som kvar for seg utgir informasjon om si returordning. LOOP sitt formål er å gi meir heilskapleg og samordna informasjon til næringsliv, kommunar og forbrukarar om handtering, gjenvinning og annen behandling av alle typar avfall, under dette spesialavfall.

Drifts- og prosjekttilskot blir gitt på bakgrunn av årlege søknader frå ovannemnde verksemder, vedlagde spesifiserte planar og budsjett. Prosjekttilskot blir gitt på bakgrunn av konkrete prosjektsøknader. Tilskot blir berre gitt til prosjekt som er i tråd med formålet for ordninga.

Oppfølging og kontroll

Drifts- og prosjekttilskota blir følgde opp gjennom krav som blir fastsette i det enkelte tilsegnsbrev. Det blir motteke årsrapport og /eller rekneskapsoversikter for alle tilsegner i tillegg til fagleg kontakt med dei enkelte tilskotsmottakarane.

B. Tilskot til stimulering av lokal Agenda 21.

Mål

Målet for ordninga er å utvikle samarbeid og nettverk for å omsetje lokalt engasjement til berekraftig praksis, i tråd med Fredrikstaderklæringa.

Ordninga vart oppretta i samband med stimuleringsprogrammet for LA 21 (1997-2001) og vil i 2002 berre dekkje avtale med Kommunanes Sentralforbund for å sikre kontinuiteten mellom LA 21-programmet og kommunereforma på miljøvernområdet.

Oppfølging og kontroll

Dei tiltaka som er sette i gang blir følgde opp fagleg og økonomisk. Sluttrapport og rekneskapsrapport blir kravde av tilskotsmottakar etter avslutta prosjekt.

Post 74 Tilskot til AMAP, kan overførast

Posten er overført frå kap 1470 post 70. Løyvinga medverkar til å oppnå måla på resultatområde 8.

Mål:

Målet med løyvinga er å sikre vidareføring av programmet for arktisk miljøovervaking (AMAP) gjennom tilskot til drift av stiftinga AMAP.

Stiftinga vart oppretta av Miljøverndepartementet 24. juni 1997. Det internasjonale miljøvernsamarbeidet under den arktiske miljøvern­strategien (AEPS) tok sikte på å redusere negative miljøverknader av den aukande økonomiske aktiviteten i området. AEPS-samarbeidet er no integrert i det breiare samarbeidet i Arktisk Råd. Miljøovervakings-programmet AMAP utgjer den viktigaste delen av samarbeidet. I juni 1997 la AMAP fram ein omfattande tilstandsrapport for miljøet i Arktis, «Arctic Pollution Issues: A State of the Arctic Environment Report». Rapporten gir eit godt grunnlag for opprydding og førebygging av forureiningsproblem i Arktis.

Oppfølging og kontroll:

Det blir motteke årsrapportar og reviderte rekneskapsoversikter i tillegg til fagleg kontakt med stiftinga.

Post 75 Miljøvennleg byutvikling, kan overførast

Midlane under posten er overførte frå kap 1463 post 75.

Tilskotsordninga vart oppretta i samband med behandlinga av St.prp. nr. 84 (2000-2001). Midlane er i hovudsak retta mot resultatområde 9 Regional planlegging, men òg resultatområda 1 Berekraftig bruk og vern av biologisk mangfald, 2 Friluftsliv, 3 Kultur og kulturmiljø, 5 Helse og miljøfarlege kjemikaliar og 6 Avfall og gjenvinning. I tillegg er løyvinga med på å oppfylle nokre av sektormåla til andre departement, bl. a. Kommunal- og regionaldepartementet, Samferdselsdepartementet, Barne- og familiedepartementet, Kulturdepartementet og Nærings- og handelsdepartementet. Satsinga må òg sjåast i samanheng med EU sitt program for byutvikling i meir miljøretta retning.

Mål:

Formålet med ordninga er å utvikle og stimulere til nye løysningar og ny teknologi som fremjar miljøvenleg byutvikling og byforvaltning. Dette gjeld både tiltak i miljøbelasta område i storbyane og nye samarbeidsformer og pilotprosjekt innanfor bustad- og næringsutvikling, samferdsel og arealforvaltning, levande lokalsamfunn og kulturmiljø. Næringslivs- og bebuarorganisasjonar i storbykommunane vil bli prioriterte for støtte til pilotprosjekt i samarbeid med bykommunane. Groruddalen i Oslo vil få særleg merksemd i 2002 m.a. fordi området er bustad for 135.000 innbyggjarar og har omfattande næringsverksemd. Dessutan går trafikken mellom nordaustlege delar av landet og hovudstaden og mellom hovudstaden og hovudflyplassen gjennom dalen. I budsjettet for 2002 er løyvinga føreslått auka med 3 mill. kr i forhold til løyvinga for 2001. Dette som følgje av at det er viktig å planleggje for og utvikle ei miljøvennleg ramme for all menneskeleg aktivitet, særleg i dei større byområda. Miljøproblema er mange i storbyane og det er behov for å utvikle nye samarbeidsformer innan arbeidsfelt med mange aktørar og uavklarte ansvarsforhold. Midlane vil medverke til å setje i verk programmet for miljøvennleg byutvikling, slik det er nedfelt i Regjeringa sitt Langtidsprogram 2002-2005 og Regjeringa sin miljøvernpolitikk og riket sin miljøtilstand.

Oppfølging og kontroll:

Dei tiltaka som blir sette i gang blir følgde opp løpande både fagleg og økonomisk. Det blir kravd fagrapportar og rekneskapsrapportar av tilskotsmottakar etter avslutta prosjekt. Kontrollen skjer ved generell formalia- og sannsynskontroll av rapportar og rekneskapar. Det vil bli sett i gang forskingsbasert evaluering av dei iverksette tiltak, og resultata frå evalueringa vil bli nytta i det vidare bypolitiske arbeidet lokalt, nasjonalt og internasjonalt.

Post 76 Støtte til internasjonale miljøtiltak og nasjonale energitiltak, kan overførast

Posten er overført frå kap. 1470 post 75. Midlane under denne posten gjeld resultatområda 7 og 8.

Mål:

Målet med ordninga er å styrkje arbeidet med miljøspørsmål som er særs viktige for Noreg, og å få gjennomslag for norske miljøvernpolitiske prioriteringar internasjonalt. Ordninga skal òg medverke til at Noreg gjennom nasjonale tiltak oppfyller sine internasjonale plikter når det gjeld klimaendringar, stoff som bryt ned ozon og grenseoverskridande luftforureiningar. Karakteren av tilskotsordninga gjer at det ikkje er praktisk mogleg med ei kunngjering som dekkjer heile målgruppa.

Posten er auka med 2 mill. kr i høve til løyvinga for 2001. Desse midlane skal gå til utgreiing av lokale klimahandlingsplanar som kan leggje grunnlag for lokale tiltak.

Oppfølging og kontroll:

Årsrapportar og reviderte rekneskapar frå frivillige organisasjonar og rekneskap for andre gjennomførte prosjekt dannar grunnlaget for ein generell formalia- og sannsyns­kontroll.

Post 77 Oppfylling av garantiansvar for miljøvernlån

Posten er overført frå kap 1442 post 73.

Ordninga med statsgaranterte miljøvernlån i Industribanken (no Statens nærings- og distriktsutviklingsfond, SND) og garanti gitt av Industribanken på vegne av staten til pålagde reinsetiltak vart avvikla frå og med 1991. I 1991 vart det innført ei ny ordning med statsgaranterte miljøvernlån for investeringar i tiltak innan gjenvinning, spesialavfall og miljø­teknologi i industrien. Denne vart avvikla frå og med 1997.

Låna er sikra mot pant eller med tilsvarande sikring, eksempelvis ved negativ pantstillingserklæring. I tilfelle gjeldssaneringar, konkursar m. v. blir staten sitt garantiansvar effektivt når den sikring som er etablert ikkje eller berre delvis gir dekning for miljøvernlåna. Under frivillige og offentlege gjeldsforhandlingar opptrer Miljø­verndepartementet som ein vanleg kreditor innanfor rammene av Lov om gjelds­forhandlingar og konkurs. Under ein klar føresetnad om at Miljøverndepartementet blir likt behandla med andre, reelt likestilte kreditorar, har Miljøverndepartementet fullmakt til å akseptere og gjennomføre løysingar ved gjeldsforhandling der gjeldssanering, rente­fritak, renteakkumulering eller utsetjing av avdrag kan inngå i løysinga. Departementet har ikkje fullmakt til å medverke til løysingar gjennom gjeldsforhandling som byggjer på ein ufordelaktig forskjellsbehandling av våre garanterte lån.

Det årlege behovet for løyvingar kan ikkje fastsetjast, og det blir ikkje ført opp noko forslag til løyving. Posten blir nytta til å innfri garantiar som er gitt i samsvar med tidlegare garantifullmakt. For at dette skal kunne skje på ein praktisk måte, og for at staten ikkje skal pådra seg unødige rentekostnader, har departementet fullmakt til å utgiftsføre utan løyving tap som er fastslått under føresetnad av at det så snart det er føremålstenleg blir fremja forslag til løyving for Stortinget. Denne fullmakta blir føreslått ført vidare i 2002, jf. forslag til vedtak IV. Det var ikkje tap på ordningane i 2000. Garantiansvaret for dei tre ordningane som er avvikla, men der staten framleis sit med garantiansvar, er samla sett redusert frå om lag 380,4 mill. kr per 31. desember 1999 til omlag 185,1 mill. kr ved utgangen av 2000.

Tabell 20.2 Garantifullmakter under kap. 1400 post 77.

I Garanti for lån i SND

(i 1000 kr)

a)

Tap i 2000

0

b)

Garantiansvar 31.12.00

77 573

c)

Fullmakt, nye tilsegner i 2001

0

d)

Forslag til fullmakt, nye tilsegner i 2002

0

e)

Totalramme i 2002

77 573

II Garanti frå SND til andre private kredittinstitusjonar på vegne av staten

(i 1000 kr)

a)

Tap i 2000

0

b)

Garantiansvar 31.12.00

6 664

c)

Fullmakt, nye tilsegner i 2001

0

d)

Forslag til fullmakt, nye tilsegner i 2002

0

e)

Totalramme i 2002

6 664

III Statsgaranterte lån i private kredittinstitusjonar og SND

(i 1000 kr)

a)

Tap i 2000

0

b)

Garantiansvar 31.12.00

110 869

c)

Fullmakt, nye tilsegner i 2001

0

d)

Forslag til fullmakt, nye tilsegner i 2002

0

e)

Totalramme i 2002

110 869

Post 78 Miljøtiltak til nikkelverka på Kola, kan overførast

Posten er overført frå kap. 1470 post 73.

Løyvinga og tilsegnsfullmakta under denne posten gjeld resultatområde 8.

Regjeringa har tidlegare gitt signal til russiske styresmakter om ei løyving på inntil 300 mill. kr for miljøtiltak på Kola i tilknyting til eit reinseprosjekt ved nikkelverket i Petsjenga. Av dette er 30 mill. kr brukt i ein tidleg fase til planlegging og prosjektering.

For å utløyse ei norsk løyving til prosjektet på inntil 270 mill. kr, som òg skal dekkje kostnadene ved forvalting av midlane, har Stortinget stilt krav om finansiering ved lån frå Nordisk investeringsbank (NIB), og ei tilfredsstillande miljøvurdering av moderniseringsprosjektet. Styret i NIB godkjende 1. mars 2001 eit lån på 30 mill. USD til prosjektet under føresetnad av at prosjektet blir fullfinansiert. Moderniseringsprosjektet er vurdert av ei internasjonal ekspertgruppe som meiner at dei planane som ligg føre, gir høve til ein utsleppsreduksjon på minst 90 % SO2 og minst 90 % tungmetall til luft. Denne konklusjonen er støtta av Statens forureiningstilsyn. Regjeringa føreslo derfor i St.prp. nr. 84 (2000-2001) ei løyving på 43,2 mill. kr som tilskot til modernisering av nikkelverket i Petsjenga og 1 mill. kr under kap. 1470 post 01 til å dekkje kostnadene ved å forvalte tilskotet. Restbeløpet blir ført vidare som tilsegnsfullmakt for 2002. Dette var under føresetnad av at ein fekk ei tilfredsstillande avtale om fritak for russiske skattar og avgifter på det norske tilskotet. Stortinget slutta seg til forslaget. Komiteen sa seg i si innstilling samd i at tilskotet ikkje må utbetalast før Noreg har fått ei tilfredsstillande avtale med Russland, og at alle avtalene knytte til forvaltninga av tilskotet er underteikna. Under Statsministeren sitt offisielle besøk i Russland i juni 2001 vart ei avtale om fritak frå føderale skattar og avgifter inngått. Vidare er det gitt garanti frå lokale styresmakter om at det norske bidraget ikkje skal skattleggjast. Alle dei sentrale avtalene knytte til forvaltninga av tilskotet blir venteleg ferdigforhandla og underteikna i oktober 2001. Prosjektet er planlagt sett i gang i 2001.

Regjeringa føreslår ei løyving for 2002 på 170 mill. kr i tilskot under kap. 1400 post 78. Vidare er det avsett 1,2 mill. kr under kap. 1400 post 21 til å dekkje utgifter ved forvaltning av tilskotet i 2002. Rest på tilsegnsfullmakta blir etter dette 54,6 mill. kr, jf. forslag til vedtak VII.

Kap. 4400 Miljøverndepartementet (jf. kap. 1400)

 

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2000

Saldert budsjett 2001

Forslag 2002

02

Ymse inntekter

708

661

09

Internasjonale oppdrag

940

16

Refusjon frå fødselspengar/adopsjonspengar

1 230

21

Oppdragsinntekter

662

Sum kap 4400

2 879

1 323

Post 02 Ymse inntekter

Posten er overført frå kap 4470 post 02.

Det er budsjettert med kr 661 000 i refusjon frå Utanriksdepartementet i samband med utgifter til medlemskap i Den internasjonale naturvernunionen (IUCN) som er utgiftsført over kap. 1400 post 71. I tillegg kan departementet føre meir tilfeldige inntekter under denne posten, m.a. gebyr for parkering på området til Miljøverndepartementet. Meirinntekter under denne posten gir grunnlag for tilsvarande meirutgifter under kap. 1400 post 01, jf. forslag til vedtak II nr. 1.

Post 21 Oppdragsinntekter

Posten er overført frå kap. 4470 post 09.

Midlane er refusjonar knytte til utgifter i samband med oppdrag innan miljøretta bistand. Eventuelle mindreinntekter medfører tilsvarande mindreutgifter under kap. 1400 post 21. Meirinntekter under denne posten gir på andre sida grunnlag for tilsvarande meirutgifter under kap. 1400 post 21, jf. forslag til vedtak II nr. 1.

Kap. 1401 Opplysningsverksemd, tilskot til organisasjonar

 

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2000

Saldert budsjett 2001

Forslag 2002

01

Driftsutgifter

8 471

7 329

70

Driftstilskot til frivillige miljøvernorganisasjonar

27 365

30 550

Sum kap 1401

35 836

37 879

Post 01 Driftsutgifter

Posten er lagt ned og overført til kap 1400 post 01 og post 21.

Post 70 Driftstilskot til frivillige miljøvernorganisasjonar

Posten er lagt ned og overført til kap 1400 post 70.

Kap. 1410 Miljøvernforsking og miljøovervaking (jf. kap. 4410)

 

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2000

Saldert budsjett 2001

Forslag 2002

21

Miljøovervaking og miljødata

73 555

89 257

50

Basisløyvingar til miljøforskningsinstitutta

83 610

85 910

84 710

51

Forskningsprogram m.m.

99 752

112 214

126 018

52

Rekrutteringsstipend til kvinnelege miljøvernforskarar

3 200

2 100

1 100

53

Internasjonalt samarbeid om miljøvernforsking

5 000

5 000

5 000

60

Kommunal overvaking og kartlegging av biologisk mangfald , kan overførast

4 000

6 000

70

Nasjonale oppgåver ved miljøforskingsinstitutta

22 151

22 151

22 151

79

Diverse tilskot

6 000

6 000

2 500

Sum kap 1410

219 713

310 930

336 736

Kap. 1410 Miljøvernforsking og miljøovervaking omhandlar basisløyvingar og andre tilskot til miljøforskingsinstitutta, forskingsprogram m. m., rekrutteringsstipend for kvinnelege miljøvernforskarar og kommunal overvaking og kartlegging av biologisk mangfald i tillegg til miljøovervaking og miljødata. Kapitlet rettar seg mot alle resultatområde.

Post 21 Miljøovervaking og miljødata

Posten dekkjer utgifter til miljøovervaking og innhenting av data og miljøstatistikk knytte til dei miljøvernpolitiske resultatområda, under dette utgifter til resultatdokumentasjon og standardisering. Posten dekkjer òg formidling av resultata som blir oppnådde, m.a. informasjon om miljøstatus for Noreg på Internett. Midlar til overvaking av vilt- og fiskeressursar som kan haustast er dekte over andre postar på Miljøverndepartementet sitt budsjett.

Vidare består utgiftene i hovudsak av kjøp av varer og tenester frå forskingsinstitutt m. fl. som gjennomfører den praktiske innsamlinga og behandlinga av overvakingsdata.

Forslaget til løyving på posten representerer ein nominell auke på 15,7 mill. kr i forhold til saldert budsjett 2001, inkl. 11,5 mill. kr som kompensasjon for auka utgifter som følgje av endringane i lova om meirverdiavgift. Løyvinga til overvaking av biologisk mangfald er føreslått styrkt i 2002-budsjettet med 5,6 mill. kr. Det er likeins lagt inn midlar til oppretting av artsdatabank.

Krava til dokumentasjon og betring av avgjerdsgrunnlaget aukar både nasjonalt og internasjonalt. Miljøovervaking og miljøstatistikk gir kunnskap om miljøtilstanden og endringar i den, og er eit nødvendig grunnlag for å gjennomføre ein effektiv miljøvernpolitikk. Noreg er forplikta gjennom ei rekkje internasjonale miljøvernavtaler til å dokumentere utviklinga i miljøet og dei faktorane som påverkar miljøtilstanden, og deltek i ei rekkje internasjonale overvakingsprogram. Resultata frå desse overvakingsprogramma er det viktigaste grunnlaget for revisjon av eksisterande internasjonale avtaler og etablering av nye. Miljøovervaking og miljøstatistikk gir vidare grunnlag for å vurdere i kva grad dei nasjonale miljømåla blir oppnådd, og miljø- og helseverknader av verkemiddelbruk og tiltak. Auka vektlegging av resultatoppfølging og sektoransvar i miljøvernpolitikken gjer det nødvendig med meir systematisk bruk av miljøstatistikk enn tidlegare. Samarbeidsavtala med Statistisk Sentralbyrå har gitt gode oversikter over eksisterande statistikk som kan nyttast i samanheng med miljøovervaking.

Mange endringar i miljøtilstanden skjer gradvis og over lang tid. For å få den nødvendige informasjon må overvakingsprogramma derfor gå over fleire år.

Post 50 Basisløyvingar til miljø­forskingsinstitutta

Midlane under posten dekkjer dei fleste resultatområde. Løyvinga for 2002 er redusert med 1,2 mill. kr i forhold til saldert budsjett 2001, og skuldast at fiskeavgifta på innanlandsfiske fell bort (jf. omtale under kap. 1425).

Mål:

Miljøinstitutta er sentralinstitutt innan sine område av miljøvernforskinga. Dei skal fungere som nasjonale kompetansesenter og ha ei kunnskapsstrategisk rolle overfor miljøvernforvaltninga, og skal tilfredsstille samfunnet sitt behov for å løyse problem på kort og lang sikt innan sine område.

Posten dekkjer basisløyvingar til dei fem miljøforskings­institutta, under dette ein del av basisløyvinga til JORDFORSK. Noregs forskingsråd gir råd om fordeling av midlane. Basisløyvingane blir kanaliserte gjennom Noregs forskingsråd. Basis­løyvinga omfattar grunnløyving og løyving til strategiske instituttprogram, jf. resultatom­råde 11 i tabellen over resultatområde. Posten inkluderer òg 5,0 mill. kr til nasjonal brukar­finansiering av EU-prosjekt ved miljøinstitutta.

Oppfølging og kontroll:

Det blir motteke årsrapportar og reviderte rekneskapsoversikter for løyvingane, og kontroll skjer ved generell formalia- og sannsynskontroll. For oppfølging av årsrapporten vil det blir halde møte med det enkelte institutt for drøftingar av miljøforvaltninga sine kunnskapsbehov. Noregs forskingsråd sin instituttpolitikk medfører at alle institutta skal evaluerast ca. kvart 6. år. Følgjande institutt er evaluerte: NILU (1997), NIVA (1998), JORDFORSK (1998), NIKU (1999) og NIBR (våren 2001). Ei samla vurdering av felles problem og samarbeidsområde mellom desse institutta var ferdig hausten 1999. Det vart m.a. konkludert med at basisløyvinga har stor innverknad på institutta si kompetanseutvikling. Grunnløyvinga er framleis eit sentralt verkemiddel for å sikre nødvendig kunnskapsbasis til å utvikle sentrale fagområde som ein ventar vil vere av verdi for forvaltninga.

Post 51 Forskingsprogram m.m.

Posten er føreslått auka med 8,8 mill. kr. I tillegg er midlar til forskingsprogram for villaks på 5 mill. kr i regi av Noregs forskingsråd føreslått overførte til denne posten frå kap 1427 post 21. Midlane under posten er retta mot alle resultatområde unnateke resultatområde 10 Kart og geodata.

Mål:

Mål for miljøvernforskinga er å medverke til å styrkje kunnskapsgrunnlaget for eit effektivt miljøvernarbeid og for ei berekraftig ressursforvaltning og samfunnsplanlegging. Miljøvernforskinga skal gi eit godt kunnskapsunderlag for nasjonale forvaltnings­oppgåver, for avgjersler i politikkutforming og som grunnlag for internasjonalt miljø­vern­samarbeid.

Hovudvekt er lagt på forsking innan klimaendringar, der ein auke i budsjettet går til klimaforsking inkl. forsking på biologiske og samfunnsvise effektar som følgje av klimaendringar, og forsking og utgreiing på CO 2-fri gasskraftteknologi. (jf. nærare omtale under Del 2 under resultatområde 7 Klimaendringar, luftforureining og støy). Forsking innan biologisk mangfald og helse- og miljøfarlege kjemikaliar blir òg prioritert. I 2001 vart 16 forskingsprogram finansierte over Miljøverndepartementet sitt budsjett, og alle var samfinansierte, hovudsakleg med midlar frå budsjetta til andre departement. Forsking er eit viktig verkemiddel og er derfor nærare omtalt under dei enkelte resultatområda.

Oppfølging og kontroll:

Det blir motteke årsrapportar frå Noregs forskingsråd som er utarbeidde på bakgrunn av innspel frå programstyra. I tillegg er representantar frå miljøvernforvaltninga valt inn i programstyrer. Det bli framleis arbeidd for å betre integreringa av miljøvernforsking i alle relevante delar av Noregs forskingsråd si verksemd.

Post 52 Rekrutteringsstipend til kvinnelege miljøvernforskarar

Mål:

Målet er å styrkje kvinnerekrutteringa til miljøvernforskinga.

Midlane under posten er for 2002 reduserte med 1,0 mill. kr i forhold til saldert budsjett 2001, med sikte på ei styrt nedtrapping av stipendprogrammet.

Oppfølging og kontroll:

Miljøverndepartementet deltek på dei årlege forskarsamlingane som blir arrangerte av Noregs forskingsråd.

Post 53 Internasjonalt samarbeid om miljøvernforsking

Mål:

Tilskotet er kontingent for medlemskap i International Institute for Applied Systems Analysis (IIASA).

Oppfølging og kontroll:

Kontingenten blir overført Noregs forskingsråd som ivaretek det norske medlemsskapet.

Post 60 Kommunal overvaking og kartlegging av biologisk mangfald, kan overførast

Midlane under posten er retta mot resultatområda 1 Berekraftig bruk og vern av biologisk mangfald og dekkjer tilskot til kommunar for kartlegging og verdiklassifisering av biologisk mangfald. Midlane vart før budsjettert under kap. 1427 post 60 Kommunal naturforvaltning. Auken under posten har samanheng med oppfølgjinga av St.meld. nr. 42 (2000-2001) Biologisk – sektoransvar og samordning.

Mål:

Målet med tilskotsordninga er å stimulere til eit breitt kommunalt engasjement og ansvar innan naturforvaltning.

Oppfølging og kontroll:

Resultatkontroll og oppfølging skjer ved at tilskotsmottakar leverer sluttrapport. Det blir gjort ein generell formalia- og sannsynskontroll av rapportane.

Post 70 Nasjonale oppgåver ved miljøforskingsinstitutta

Posten omfattar alle miljøinstitutta. Det blir gitt tilskot til tilrettelegging av grunnlags­informasjon for forvaltning og forsking som rådgiving, møtegodtgjersler, nasjonale databasar og bibliotekfunksjonar m. m., til saman 22,2 mill. kr. Det blir motteke reviderte rekneskapsoversikter for løyvingane, og kontroll skjer ved generell formalia- og sannsynskontroll. Det skal haldast årlege møte med det enkelte institutt for drøftingar av dei nasjonale oppgåver.

Post 79 Diverse tilskot

Posten dekkjer 2,5 mill. kr i finansieringstilskot til nybygg for Norsk institutt for luftforsking i 2002. Ordninga vil bli avslutta i løpet av året.

Kap. 4410 Miljøvernforsking (jf. kap. 1410)

 

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2000

Saldert budsjett 2001

Forslag 2002

50

Refusjon frå diverse fond

11 736

5 868

4 668

Sum kap 4410

11 736

5 868

4 668

Beløpet gjeld den delen av basisløyvinga til NINA-NIKU som er finansiert ved retningslinjer frå Viltfondet og Statens fiskefond. Løyvinga er føreslått redusert med 1,2 mill. kr i budsjettet for 2002. Årsaka til dette er at fiskaravgifta er føreslått fjerna f. o. m. 2002, noko som medfører lågare inntekter til Fiskefondet som refunderer utgifter til miljøvernforsking over kap. 4410 post 50. Det blir vist til nærare omtale av dette under kap. 1425 og 4425 under programkategori 12.20.

Programkategori 12.20 Biomangfald og friluftsliv

Utgifter under programkategori 12.20 fordelte på kapittel

 

(i 1 000 kr)

Kap.

Nemning

Rekneskap 2000

Saldert budsjett 2001

Forslag 2002

Pst. endr. 01/02

1422

Biomangfald, friluftsliv og kulturminne

12 533

10 709

-100,0

1425

Vilt- og fisketiltak (jf. kap. 4425)

90 053

82 645

68 345

-17,3

1426

Statens naturoppsyn (jf. kap. 4426)

63 518

76 937

85 952

11,7

1427

Direktoratet for naturforvaltning (jf. kap. 4427)

345 960

421 238

456 863

8,5

Sum kategori 12.20

512 065

591 529

611 160

3,3

Utgiftene under programkategori 12.20 gjeld i hovudsak tre resultatområde; 1 Berekraftig bruk og vern av biologisk mangfald, 2 Friluftsliv og 11 Områdeovergripande verkemiddel og fellesoppgåver. Midlane som tidlegare låg på kap. 1422 er no lagt inn i kap. 1400 under programkategori 12.10, mens heile kapittel 1429 er flytta til programkategori 12.30. Det blir elles vist til innleiinga i del 2 der det blir gjort greie for budsjettvise endringar i 2002 innanfor dei ulike resultatområda.

Kap. 1422 Biomangfald, friluftsliv og kulturminne

 

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2000

Saldert budsjett 2001

Forslag 2002

01

Driftsutgifter

12 533

10 709

Sum kap 1422

12 533

10 709

Løyvinga under dette kapitlet er flytta til kap. 1400.

Kap. 1425 Vilt- og fisketiltak (jf. kap. 4425)

 

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2000

Saldert budsjett 2001

Forslag 2002

01

Driftsutgifter

35 589

33 000

31 500

60

Tilskot til kommunal fiskeforvaltning , kan overførast

13 995

4 500

61

Tilskot til kommunale vilttiltak , kan overførast

5 000

5 000

65

Fallvilt , kan overførast

8 029

8 000

70

Tilskot til fiskeformål , kan overførast

9 659

11 000

6 200

71

Tilskot til viltformål , kan overførast

19 962

21 145

25 645

72

Erstatninger for hjorteviltskadar , kan overførast

2 819

Sum kap 1425

90 053

82 645

68 345

Kap. 1425 Vilt- og fisketiltak omfattar utgifter der tilsvarande inntekter blir refunderte frå Viltfondet og Statens fiskefond, jf. kap. 4425 Refusjonar Viltfondet og Statens fiskefond. Midlane under kap. 1425 er hovudsakleg retta mot resultatområde 1 Berekraftig bruk og vern av biologisk mangfald. Ordninga med Viltfondet og Statens fiskefond synleggjer at norsk vilt- og fiskeforvaltning for ein stor del er basert på brukarfinansiering gjennom pålagde avgifter og gebyr. Refusjonen frå Fiskefondet og Viltfondet finansierer utgifter til vilt- og fisketiltak over kap. 1425 og forsking på vilt- og fiskeressursar over kap. 1410 post 50 og utgifter til drift av Jegerregisteret i Brønnøysundregistra over kap. 0904. Under kap. 4425 er det meir detaljert gjort greie for korleis inntektene frå fonda blir nytta.

Lønn og godtgjersler til fast tilsette innan det statlege verksemdsområdet blir ikkje dekte over kap. 1425, men kap. 1427 Direktoratet for naturforvaltning og kap. 1510 Fylkesmannsembeta.

I budsjettet for 2002 er dei samla refusjonane til statsbudsjettet frå Viltfondet og Statens fiskefond over kap. 4425 føreslått redusert med 14,3 mill. kr i forhold til 2001, jf. omtale under kap. 4425 Refusjonar frå Viltfondet og Statens fiskefond. Forslaget er basert på overslag over forventa inntekter i fonda i 2002, og særskilt bruk av kapitaliserte inntekter i fonda i tidlegare år.

Dei reduserte refusjonane skuldast først og fremst at fiskaravgifta på innlandsfiske og fiske etter kreps er føreslått fjerna frå og med 2002. Reduksjonen i denne avgifta vil medføre ein inntektsreduksjon i Fiskefondet på ca 12 mill. kr årleg. Av dette blir refusjonane som korresponderer med kap. 1425 reduserte med 10,8 mill. kr, og refusjonane som korresponderer med kap. 1410 blir reduserte med 1,2 mill. kr. Det blir òg ein reduksjon på 8,0 mill. kr under kap. 1425 knytt til vilttiltak, ettersom alt ansvar for fallvilt og inntektene frå fallvilt frå 2002 vil liggje hos kommunane. Denne endringa er behandla i Ot.prp. nr. 37 (1999-2000), jf. Innst. O nr. 80 (1999-2000) og Besl. O. nr. 92 (1999-2000).

På den andre sida aukar utgiftene til lokale vilttiltak over kap. 1425 med 4,5 mill. kr grunna forventa auka inntekter til Viltfondet.

Ettersom inntektene til Fiskefondet blir reduserte, blir heile post 60 Kommunal fiskeforvaltning under kap. 1425 føreslått fjerna. Post 70 Tilskot til fiskeformål blir føreslått redusert, og det same gjeld post 01 Driftsutgifter.

Som ein konsekvens av endringa i fiskaravgifta på innlandsfiske, vil departementet seinare fremje forslag om endring i § 30 i lov om laksefiske og innlandsfiske m.v. I samband med dette vil departementet òg vurdere ein heimel for kommunane til å fastsetje ei lokal fiskaravgift for næringsfiske og bruk av fastståande reiskap.

Omlegginga av forvaltninga av hjortevilt som vart gjennomført i 2001, jf. St.prp. nr. 1 (2000-2001), blir ført vidare. Endringa medførte m.a. at kommunane har fått eit større ansvar for forvaltning av hjortevilt utanom villrein. Det er no fastsett ei statleg rammeforskrift for dei kommunale viltfonda, der inntektene til kommunane frå fellingsavgifter inngår.

Villreinforvaltninga er framleis statleg, og er organisert ved lokale statlege villreinnemnder. Fellingsavgiftene for villrein blir innbetalt til det statlege Viltfondet. I 2000 vart det felt i alt 7 631 villrein. Dette svarer til ei etterskotsvis fellingsavgift på nærare 1,5 mill. kr. Miljøverndepartementet vil iverksetje ein gjennomgang av dagens ordning med sikte på ei omlegging slik at fellingsavgifter for villrein blir innkravde og forvalta lokalt, men slik at villreinforvaltninga framleis er eit statleg ansvar.

Det er ikkje føreslått avgiftsendringar knytte til utøving av jakt for 2002. Ved ein feil vart det i 2001 kravd inn tilleggsavgift berre frå jegerar som jaktar elg og hjort. For 2002 vil dette òg omfatte jegerar som jaktar villrein.

Som ei følgje av meirverdiavgiftsreforma får fleire av dei langsiktige oppgåvene som er finansierte over kap. 1425 ein kostnadsauke. Dette blir for vilttiltaka sin del nokolunde kompensert ved at inntekta til Viltfondet forventast å bli større, men for fisketiltaka vil dette medføre ein viss nedgang i aktivitetane.

Stortinget har tidlegare føresett at ca. halvparten av refusjonane frå Viltfondet og Statens fiskefond skal gå til lokale tiltak. I samband med si behandling av statsbudsjettet for 1999 presiserte likevel Stortinget at fondsmidla skal disponerast til lokale vilt- og fisketiltak i nært samarbeid med brukar- og interesseorganisasjonar. Denne intensjonen om lokal bruk av fondsmidlane er i all hovudsak oppfylt. Det blir her vist til at både løyvingsforslaga under tilskotspostane og store delar av løyvingsforslaget under post 01 går til formål som er viktige for den lokale vilt- og fiskeforvaltninga.

Den vidare utviklinga på dette området må elles sjåast i nær samanheng med arbeidet med å styrkje den lokale vilt- og fiskeforvaltninga basert på m.a. driftsplanar. Omlegginga vil gi grunnlag for enklare rollefordeling mellom forvaltningsnivåa, og eit tettare samarbeid mellom den statlege forvaltninga, kommunane, rettshavarane og interesseorganisasjonane om bruken av fondsmidlane.

I Innst. O. nr. 80 (1999-2000) har Stortinget bede om at det blir innført etterskotsvis innbetaling av fellingsavgiftene samtidig med overføring av ansvaret til kommunene. Dette vart sett i verk i 2001, og dei øvre rammene kommunane kan krevje i form av fellingsavgift er gitt under beskrivinga til kap. 4425.

Kommunane dekkjer òg sjølv sine administrative kostnader til viltarbeidet, jf. Ot.prp. nr. 37 (1999-2000). Det er likevel nødvendig å føre vidare høvet til å stimulere og styrkje kommunale tiltak innan viltforvaltning i ein overgangsperiode. Post 61 er derfor ført vidare som ein tilskotspost der fylkesmannen tildeler midlar til kommunane i tråd med regionalt og kommunalt prioriterte arbeidsoppgåver og tiltak.

Når fellingsavgiftene på elg og hjort tilfell dei kommunale viltfonda, vil finansieringsgrunnlaget for sentrale tiltak blir endra. Ein heilt nødvendig føresetnad for dei endringane i roller og funksjonar som det er lagt opp til, er at ein kan beholde og vidareutvikle overvaking og FoU knytt til forvaltninga av ressursane av hjortevilt, og ha høve til å setje i verk FoU som er nødvending for at kommunane skal kunne ha ei fagleg velfundert forvaltning av hjorteviltet. For å sikre nødvendig finansiering av slike sentrale oppgåver innan hjorteviltforvaltninga er derfor jegeravgifta differensiert, slik at dei som jaktar elg, hjort og villrein betaler ein høgare avgift.

Viltfondet og Statens fiskefond sine mål:

Viltfondet:

Viltlova sin § 40 fastset at «den som vil drive jakt eller fangst etter denne lov, skal betale jegeravgift etter satser og regler som Kongen fastsetter» og at «for hvert dyr som tillates felt eller felles av elg, hjort og villrein skal det betales en fellingsavgift etter satser og regler som Kongen fastsetter. Kongen kan bestemme at kommunen innenfor nærmere rammer kan fastsette fellingsavgiften for elg og hjort».

Gjennom behandlinga av statsbudsjettet for 1989 fastsette Stortinget følgjande retningslinjer for bruken av midlane i viltfondet:

  • Viltfondet skal brukast til forvaltningstiltak som kjem viltet og allmenta gode, under dette viltforvaltning i kommunane, lokale, regionale og sentrale vilttiltak, viltforsking, førebyggjande tiltak mot og vederlag for skadar valda av hjortevilt, jegerregister og jegerservice.

  • Den årlege fordelinga av midlar mellom formåla som er nemnde over, skal framgå av Miljøverndepartementet sin budsjettproposisjon. Ved budsjetteringa er det føresett at ca. halvparten av midlane frå jegeravgifta skal gå til vilttiltak i distrikta og at fellingsavgiftene som er knytte til villrein skal nyttast i villreinforvaltninga.

Viltfondet sin kapital blir forvalta av Miljøverndepartementet v/Direktoratet for naturforvaltning. Utgiftene og fordelinga av midlar blir budsjetterte over Miljøverndepartementet sitt budsjett. Den årlege ramma skal normalt svare til fondet sine stipulerte inntekter same år. Eventuelle overskytande inntekter skal overførast og bli kapitalisert i fondet

Statens fiskefond:

I lov om laksefisk og innlandsfisk m. v., § 30, heiter det at den som er fylt 16 år og vil fiske etter anadrom laksefisk eller innlandsfisk skal betale avgift til fiskefondet.

Det er gitt visse unntak, m.a. for fiske i medhald av reindriftslovgivinga og til undervisnings- eller behandlingsføremål. Som ei følgje av forslaget om å fjerne fiskaravgift på alt fiske etter innlandsfisk, blir følgjande retningslinjer for bruken av midlar frå Statens fiskefond lagt til grunn:

  • Statens fiskefond sine inntekter består av fiskaravgift og renter av fondet sin kapital.

  • Statens fiskefond skal nyttast til forvaltningstiltak knytte til anadrom laksefisk og som kjem samfunnet og allmenta til gode; under dette investeringar, spesielle driftsutgifter til fiskefremjande føremål, fiskeforsking og overvaking.

  • Den årlege fordelinga av midlane mellom formåla som nemnde over, skal framgå av Miljøverndepartementet sin budsjettproposisjon. Ved budsjetteringa er føresett at omlag halvparten av fondet sine inntekter skal gå til lokale tiltak.

Statens fiskefond sin kapital blir forvalta av Miljøverndepartementet ved Direktoratet for naturforvaltning. Utgiftene og fordelinga av midlar blir budsjetterte over Miljøverndepartementet sitt budsjett. Den årlege ramma skal normalt svare til dei inntekter ein ventar at fondet vil ha same år. Eventuelle overskytande inntekter skal overførast og blir kapitaliserte i fondet.

Post 01 Driftsutgifter

Midlane under posten er i hovudsak retta mot resultatområde 1 Berekraftig bruk og vern av biologisk mangfald.

Løyvinga er føresett å skulle dekkje utgifter til faglege prosjekt og utgreiingar og administrative kostnader knytte til desse prosjekta. Midlane skal nyttast til å leggje til rette for ei langsiktig og berekraftig utnytting av jakt- og fiskeressursane, og allmenta sin tilgang til desse. Midlane dekkjer òg utgifter til lønn og godtgjersler for mellombels tilsette knytte til gjennomføringa av prosjekt og spesielle utgreiingar m.v.

Løyvinga på posten må sjåast i lys av at vilt- og fiskeressursane er eit fellesgode. Ein må derfor sikre at desse ressursane blir forvalta på ein forsvarleg måte, og innanfor ramma av ein berekraftig haustingspolitikk. Det overordna ansvaret for dette er lagt til Direktoratet for naturforvaltning som fagdirektorat. Direktoratet må derfor syte for at sentralt drivne overvakingsprogram, FoU og utgreiingar gir fylkesmenn, kommunar, rettshavarar, organisasjonar og andre aktørar eit godt grunnlag for forvaltninga av arter og bestandar.

Posten er føreslått redusert som ei følgje av bortfallet av inntektene frå fiskaravgifta på fiske etter innlandsfisk og kreps.

Post 60 Tilskot til kommunal fiskeforvaltning, kan overførast

Posten blir føreslått oppheva i statsbudsjettet for 2002 grunna bortfall av inntekter etter fjerninga av fiskaravgifta på fiske etter innlandsfisk og kreps.

Post 61 Tilskot til kommunale vilttiltak, kan overførast

Tilskotsordninga er retta mot resultatområde 1 Berekraftig bruk og vern av biologisk mangfald.

Mål:

Målet med tilskotsordninga er å medverke til ei god gjennomføring av lokale vilttiltak i kommunane.

Posten skal dekkje utgifter til tiltak innan den lokale viltforvaltninga, og må sjåast i samanheng med det omleggingsarbeidet som er gjennomført når det gjeld kommunane si rolle i viltforvaltninga, jf. Ot.prp. nr. 37 (1999-2000) Om lov om endring i viltloven. Posten skal berre dekkje delar av kommunane sine utgifter til tiltak, jf. at fellingsavgifter for elg og hjort blir kravde inn av kommunen og inngår i kommunale viltfond. Midlane er føresett tildelte kommunane frå fylkesmannen, og prioriterte i forhold til kommunar som sjølve har eit avgrensa inntektsgrunnlag gjennom fellingsavgiftene, dvs. kommunar som har små bestandar av hjortevilt, og der dei kommunale viltfonda bør få tilført midlar til prioriterte tiltak via denne tilskotsposten. Det kan gis tilskot til kartlegging av viltressursane og viltinteressene i kommunane, innarbeiding av viltinteressene i kommunale planar, oppretting og drift av driftsplanområde, deltaking i rettshavarane sitt driftsplanarbeid, delfinansiering av kompetansegivande etter- og vidareutdanning i viltforvaltning og andre oppgåver som følgjer av kommunane si mynde etter viltlova. Det skal særleg leggjast vekt på å styrkje interkommunale fellesprosjekt, og som omfattar kommuneovergripande viltbestandar.

Tildeling skjer på bakgrunn av søknader og melde behov frå kommunane, og fordelingsnøklar av objektiv karakter.

Oppfølging og kontroll

Resultatkontroll og oppfølging skjer gjennom generell formalia- og sannsynskontroll av rapportar frå tilskotsmottakarane.

Post 65 Fallvilt, kan overførast

Posten har dekt utgifter til å ta vare på fallvilt i kommunene. Frå og med 2001 har dette vore eit kommunalt ansvar, slik at inntektene frå fallvilt tilfell kommunen, jf. Ot.prp. nr. 37 (1999-2000) og behandlinga av denne i Innst. O. nr. 80 (1999-2000) og Besl. O. nr. 92 (1999-2000). Den ordninga som eksisterte baserte seg likevel på at kommunane forskoterte utgiftene, og fekk dei refunderte året etter. Derfor har løyvinga på posten blitt halden oppe i budsjettet for 2001. Frå 2002 vil alt ansvar for fallvilt liggje hos kommunane, og posten blir føreslått opphevd.

Post 70 Tilskot til fiskeformål , kan overførast

Tilskotsordninga er retta mot resultatområda 1 Berekraftig bruk og vern av biologisk mangfald og resultatområde 2 Friluftsliv.

Posten blir føreslått redusert med 4,8 mill. kr som ei følgje av bortfallet av inntektene frå fiskaravgifta på fiske etter innlandsfisk og kreps. Noko av reduksjonen blir føreslått oppvegen ved at 2,3 mill. kr av løyvinga til kap. 1427 post 70 Tilskot til kalking og lokale fiskeformål, blir sett av til tiltak retta mot tilrettelegging av fiske for allmenta.

Mål:

Målet med tilskotsordninga er å sikre og utvikle lokale bestandar av laks, sjøaure og sjørøye, og å motivere til og betre høva for fritidsfiske. Tilskotsordninga skal understøtte den lokale fiskeforvaltninga med særleg vekt på gjennomføring av tiltak i tråd med driftsplanar.

Tilskot gis til tiltak i regi av lag og organisasjonar etter søknad. Det kan gis tilskot til kultiveringstiltak, tilrettelegging for og stimulering til fritidsfiske, informasjon om fisketilhøve, organisering av fiskekortområde og forvaltningsrelaterte utgreiings-, forskings- og overvakingsprosjekt.

Oppfølging og kontroll:

Resultatkontroll og oppfølging skjer ved at tilskotsmottakarane leverer sluttrapportar og -rekneskap og eventuelt framdriftsrapportar med rekneskap. Det blir gjort ein generell formalia- og sannsynskontroll av rapportane og rekneskapane. Tilskot til FoU blir kontrollert spesielt i forhold til dei forventningane som er gitt i tilsegna eller kontrakten.

Post 71 Tilskot til viltformål , kan overførast

 

(i 1 000 kr)

Underpost

Nemning

Rekneskap 2000

Saldert budsjett 2001

Forslag 2002

71.1

Hjortevilttiltak

19 962

7 000

7 000

71.2

Villreintiltak

1 700

1 700

71.3

Lokale vilttiltak m.v.

6 445

10 945

71.4

Viltovervaking

6 000

6 000

Sum post 71

19 962

21 145

25 645

Midlane under posten er retta mot resultatområde 1 Berekraftig bruk og vern av biologisk mangfald.

Mål:

Målet for tilskotsordninga er å medverke til ei god gjennomføring av oppgåver innan viltforvaltninga og tiltak i regi av enkeltpersonar, lag og organisasjonar der tiltaket har ein regional, interkommunal eller sentral karakter.

Bruken av tilskotsmidlane vart endra i 2001 som ei følgje av omleggingsarbeidet i forhold til kommunane, jf. Ot.prp nr 37 (1999-2000) samt Innst. O. nr. 80 (1999-2000) og Besl. O. nr. 92 (1999-2000). Kommunane krev inn og disponerer fellingsavgiftene for elg og hjort som ein del av eit kommunalt viltfond. For 2002 er derfor føresett at søknader om tilskot til tiltak som har reint kommunal karakter blir viste til dei kommunale viltfonda som er finansierte med fellingsavgifter, midlar frå post 61, og eventuelt eigne kommunale midlar. På bakgrunn av søknader innanfor prioriterte satsingsområde må fylkesmannen ha verkemiddel som kan stimulere til regionale utviklingsoppgåver, og som støttar opp om kommunale og interkommunale prioriterte tiltak, under dette tiltak som stimulerer til eit større engasjement i arbeidet med driftsplanar blant rettshavarane, og som støttar opp under betre tilrettelegging av jakttilhøva for allmenta.

Tiltak som kan gis tilskot er kartlegging av viltressursane/viltet sine leveområde, kartlegging av viltinteressene i kommunar og regionar, innarbeiding av viltet sine leveområde og viltinteressene i kommunale planar etter plan- og bygningslova, kartlegging og iverksetjing av tiltak med formål å betre bestandsoversikter, oppretting og drift av lokale samarbeidsråd, deltaking i rettshavarane sitt driftsplanarbeid, FoU og studentoppgåver, organisasjonar, lag og foreiningar som ønskjer å iverksetje tiltak, og andre prioriterte viltføremål. Det kan òg gis tilskot til tilrettelegging, organisering og informasjon om jakt og jakttilhøve.

Midlar til fellestiltak blir fordelte av Direktoratet for naturforvaltning mens midlar til lokale tiltak blir fordelte av fylkesmannen. Midlane til lokale tiltak blir fordelte mellom fylka etter fordelingsnøklar baserte på m.a. innbetalt jegeravgift, talet på jegerar i fylket, felte vilt m.m. Fylkesmennene fordeler midlane vidare etter søknad.

Oppfølging og kontroll:

Resultatkontroll og oppfølging skjer ved at tilskotsmottakarane leverer sluttrapportar og -rekneskap og eventuelt framdriftsrapportar med rekneskap. Det blir gjort ein generell formalia- og sannsynskontroll av rapportane og rekneskapane.

Posten er føreslått styrkt som følgje av auka inntekter til Viltfondet.

Underpost 71.1 Hjortevilttiltak

Underposten skal dekkje tiltak knytte til handlingsplan for forvaltning av hjortevilt som er utarbeidd i samarbeid mellom forvaltninga og organisasjonane i 1995. Underposten skal òg dekkje dei sentrale overvakingsprogramma for bestandsutvikling og samansetning, og programmet for helseovervaking av hjortevilt. Midlar blir òg nytta i hjorteviltforvaltninga til tiltaksretta undersøkingar, metodeutvikling, tilskot til praktiske tiltak, medverknad til å løyse oppgåver og stimulerings- og informasjonstiltak i regi av organisasjonar m. m., og forvaltningsretta FoU og sentrale utviklingstiltak som er nødvendige for seinare å kunne setje i verk praktiske tiltak.

Underpost 71.2 Villreintiltak

Underposten skal dekkje tiltak i villreinforvaltninga som drift av villreinområda, teljing av bestandar, overvaking, driftsplanar, arbeid med å sikre leveområda, forvaltningsretta FoU- og sentrale utviklingstiltak som er nødvendige for seinare å kunne setje i verk praktiske tiltak.

Underpost 71.3 Lokale vilttiltak m. v.

Midlane blir nytta til vilttiltak og prosjekt i regi av regionale og landsomfattande organisasjonar, forvaltningsretta FoU knytt til dokumentasjon og overvaking av biologisk mangfald, og sentrale utviklingstiltak som er nødvendige for seinare å kunne setje i verk praktiske tiltak i distrikta.

Underpost 71.4 Viltovervaking

Midlane blir nytta til overvakingsoppgåver som skal sikre ei løpande oversikt over bestandsstatus og utvikling av arter og artsgrupper av vilt, som ikkje er dekt over underpost 71.1 eller underpost 71.2. Dei sentrale overvakingsprosjekta skal gi eit årleg oppdatert datagrunnlag for å setje i verk både sentrale, regionale og lokale forvaltningstiltak og justering av verkemiddel, og avdekkje kunnskapsbehov.

Kap. 4425 Refusjonar frå Viltfondet og Statens fiskefond (jf. kap. 1425)

 

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2000

Saldert budsjett 2001

Forslag 2002

51

Viltfondet

133 500

55 645

52 145

52

Statens fiskefond

45 632

27 000

16 200

Sum kap 4425

179 132

82 645

68 345

Under dette kapitlet er budsjettert hovuddelen av refusjonane til statsbudsjettet basert på dei årlege inntektene til Viltfondet og Statens fiskefond. Eventuelle overskytande inntekter i fonda som ikkje blir tekne ut som refusjonar på statsbudsjettet, skal i samsvar med retningslinjene bli kapitaliserte i fonda og gir grunnlag for eventuelle større refusjonar kommande år. Refusjonane under kap. 4425 gir grunnlag for tilsvarande utgifter som er budsjetterte under kap. 1425 Vilt- og fisketiltak. Til saman kr 4 668 000 av refusjonane frå Viltfondet og Statens fiskefond blir inntektsførde under kap. 4410 post 50 og gir grunnlag for tilsvarande utgifter under kap. 1410 post 50 Basisløyvingar til miljøforskingsinstitutta. Desse utgiftene dekkjer vilt- og fiskeforsking i regi av NINA-NIKU. Dei samla refusjonane frå Viltfondet og Statens fiskefond over kap. 4425 er i budsjettet for 2002 føreslått redusert med 14,3 mill. kr i forhold til 2001, jf. omtalen under kap. 1425.

I budsjettet for 2002 er det føreslått å føre vidare ordninga med å inntektsføre 3,5 mill. kr i refusjonar frå Viltfondet under kap. 3904 Brønnøysundregistra, med tilsvarande auke i utgiftene under kap. 0904 Brønnøysundregistra. Dette går til dekning av driftsutgifter til Jegerregisteret.

Post 51 Viltfondet

Viltfondet sine inntekter kjem frå jegeravgifta, fellingsavgifta, enkelte typar fallvilt og renter av fondskapitalen. Jegeravgifta har vore den største inntektskjelda for Viltfondet. Omkring 191 000 personar betalte jegeravgift i jaktåret 2000/2001. I Jegerregisteret er det registrert omkring 350 000 personar. I mars 1999 overtok Brønnøysundregistra ansvaret for drifta av Jegerregisteret. Ingen avgiftsendringar er føreslått for 2002. Jeger- og fellingsavgifter og gebyr for manglande innlevering av jegeravgiftskort blir derfor dei same som i 2001.

Viltfondet i 2002

Inntektene i Viltfondet i 2002 må sjåast i lys av omlegginga av ordninga med fellingsavgifter for elg og hjort. Inntekter som tidlegare tilfall Viltfondet tilfell frå 2001 kommunane. Dette gjeld både inntekter frå fallvilt av hjortevilt og bever, og inntekter frå fellingsavgiftene for elg og hjort. Samtidig som inntektssida er endra er òg storleiken på utgiftene og fordelinga av dei på ulike forvaltningsnivå endra, jf. postomtalen under kap 1425.

Kommunane har etter omlegginga fått eit meir eintydig ansvar for forvaltninga av hjortevilt, under dette òg verkemiddel for å styrkje lokale vilttiltak generelt. Det er likevel nasjonale oppgåver innan hjorteviltforvaltninga som må løysast. Slike felles FoU-tiltak og overvaking av hjortevilt blir dekte av det statlege Viltfondet, gjennom den differensierte jegeravgifta. Differensieringa inneber at hjorteviltjegerane betaler eit tillegg til jegeravgifta, og på denne måten medverkar dei særskilt til nødvendige nasjonale oppgåver. Samtidig er det eit mål at avgiftsnivået for hjorteviltjegerane totalt sett ikkje skal auke. Dette er ivareteke gjennom at fellingsavgiftene nå blir kravde inn etterskotsvis.

For 2002 vil Viltfondet refundere forsking og utvikling som vedrører viltforvaltning, vilttiltak, ivaretaking av viltet i arealplanlegginga, dei administrative utgiftene til villreinnemndene, utgifter som har oppstått til sentral behandling av fallvilt m. v. i 2002, og administrasjon av jegerregisteret og jegerservice.

Tabell 20.3 Samla refusjonar frå Viltfondet i 2002:

Formål:

Refusjonar (i 1000-kr):

Sentrale fallviltutgifter (kap. 1425.01):

1 000

Prosjekt, administrasjon m. v. (kap. 1425.01):

20 500

Kommunal viltforvaltning (kap. 1425.61):

5 000

Hjortevilttiltak (kap. 1425.71.1):

7 000

Villreintiltak (kap. 1425.71.2):

1 700

Lokale vilttiltak (kap. 1425.71.3):

10 945

Viltovervaking (kap. 1425.71.4):

6 000

Vederlag og førebyggjande tiltak (kap. 1425.72):

0

Sum refusjon frå Viltfondet under kap. 1425:

52 145

Viltforsking, NINA (kap. 1410.50):

3 000

Drift av Jegerregisteret (kap. 0904):

3 500

Sum refusjon frå Viltfondet i 2001:

58 645

Fallviltarbeidet

All ivaretaking av fallvilt er frå 2002 eit kommunalt ansvar, der både inntekter og utgifter tilfell kommunane. Det er likevel framleis eit behov for å gjennomføre analysar av individ som blir attfunne som fallvilt eller avliva av ulike årsaker, spesielt for rovviltartene. Slike analysar er fellesoppgåver som framleis må gjennomførast av Direktoratet for naturforvaltning, og utgiftene til dette arbeidet er budsjettert under kap. 1425 post 01, jf. postomtalen. Det vil òg i 2002 kunne vere eit avgrensa inntektspotensial for det statlege Viltfondet, primært knytt til sal av omsetjelege delar av vilt som framleis tilfell Viltfondet, eksempelvis skrottar av bjørn.

Post 52 Statens fiskefond

Inntektene til Statens fiskefond består av fiskaravgift, verdien av inndregen fisk og renter av fondet sin kapital. Fondet refunderer utgifter til fiskeforvaltningstiltak og fiskeforsking.

Totalt var det 224 000 innbetalingar i 2000. Det totale talet på innbetalingar har vore rimeleg stabilt dei siste åra.

Fiskaravgifta for fiske etter innlandsfisk og kreps blir føreslått fjerna frå og med fiskeåret 2002/2003. For fiske etter anadrom laksefisk (laks, sjøaure og sjørøye) blir årsavgifta føreslått ført vidare med same beløp, kr 180. Bortfallet av avgifta på fiske etter innlandsfisk og kreps inneber ein inntektsreduksjon på ca. 12 mill. kr årleg.

Tabell 20.4 Samla refusjonar frå Statens fiskefond i 2002:

Formål:

Refusjonar (i 1000 kr)

Prosjekt, administrasjon m. v. (kap. 1425.01):

10 000

Tilskot til fiskeformål (kap. 1425.70):

6 200

Sum refusjon frå Statens fiskefond under kap. 1425

16 200

Fiskeforsking, NINA (kap. 1410.50):

1 668

Sum refusjon frå Statens fiskefond i 2001

17 868

Kap. 1426 Statens naturoppsyn (jf. kap. 4426)

 

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2000

Saldert budsjett 2001

Forslag 2002

01

Driftsutgifter

41 343

46 489

49 495

30

Tiltak i nasjonalparkane , kan overførast

2 067

2 500

3 791

31

Tiltak i naturvern- og friluftsområde , kan overførast

9 699

10 613

12 971

32

Skjergardsparkar o.a. , kan overførast

9 848

11 835

14 195

70

Tilskot til naturoppsyn , kan overførast

562

500

500

71

Bru til Tautra , kan overførast

5 000

5 000

Sum kap 1426

63 518

76 937

85 952

Kap. 1426 Statens naturoppsyn inkluderer midlar til etablering og drift av Statens naturoppsyn (SNO) og midlar til tiltak i natur- og friluftsområde.

Statens naturoppsyn si rolle og oppgåver:

Statens naturoppsyn (SNO) vart etablert i 1997 med heimel i lov om statleg naturoppsyn av 21.06.1996, jf. Ot.prp. nr. 30 (1995-96). SNO er under utvikling og arbeider for å etablere eit samla grep om statleg oppsynsinnsats i naturområde. Hovudoppgåvene er informasjon og vegleiing, i tillegg til m.a. kontroll, registrering, dokumentasjon, skjøtsel og drift. I dette inngår òg viktige oppgåver innan rovviltforvaltninga. SNO har òg eit overordna ansvar for oppfølginga av ordninga med skjergardstenesta. Det blir lagt stor vekt på å etablere godt samarbeid med dei andre aktørene innan naturoppsyn, og særleg er samordning med politiet viktig når det gjeld oppgåver knytte til kontroll. Ei viktig utfordring for oppsynet er å skape forståing og respekt for regelverket som finst på dette området. Den nasjonale leiinga er lagt til Direktoratet for natur­forvaltning, mens hovudtyngda av arbeidet skjer lokalt i område der behovet for styrkt oppsyn er størst. Verksemda er basert dels på eige feltpersonale og dels på kjøp av tenester og samarbeid med andre oppsynsordningar lokalt og regionalt. Det heiltidstilsette oppsynet er tilsett i Direktoratet for naturforvaltning, men har arbeidsstad lokalt tilknytt eit definert, geografisk område.

Auken under kapitlet skuldast satsinga på friluftsliv i budsjettet, og kompensasjon for auka utgifter i samanhang med meirverdiavgiftsreforma. Ein viser til omtale under dei einskilde postane.

Post 01 Driftsutgifter

Posten dekkjer lønns- og driftsutgifter til Statens naturoppsyn. Posten dekkjer òg lønn til engasjement i den sentrale eininga i Direktoratet for naturforvaltning, og ulike tenestekjøp i samband med drifta av oppsynet, m.a. hos politiet.

Posten dekkjer vidare utgifter til lokalt kontaktnett for rovvilt, utgifter til IT- og sambandsutstyr, feltutstyr, uniform/arbeidstøy, opplæringstiltak, informasjonsmateriell, tiltak innan naturvegleiing m. v., og utviklingskostnader. Posten dekkjer òg mindre utgifter knytte til sal av nasjonalparkprodukt, og oppdragsverksemd der dei tilsvarande inntektene er budsjetterte på kap. 4426 post 01.

Posten er auka for å styrkje SNO sitt arbeid med dokumentasjon av skadar som følgje av rovdyr. Dette er mellom anna gjort på bakgrunn av Riksrevisjonen si påpeiking av at berre ein liten del av erstatningane for rovviltskadar er utbetalt på grunnlag av skadedokumentasjon, resten har vore sannsynleggjorde. Det er lagt inn kompensasjon for auka utgifter som følgje av meirverdiavgiftsreforma. Utgiftene til tilsynsutval for nasjonalparkar og forsøksordning med lokal forvaltning i Setesdal-Vesthei er flytta til kap. 1427 post 21.

Eventuelle mindreinntekter under kap. 4426 post 01 medfører tilsvarande mindreutgifter under kap. 1426 post 01.

Post 30 Tiltak i nasjonalparkane, kan overførast

Posten dekkjer statlege investeringsutgifter i samband med forvaltninga av nasjonal­parkane og tilliggjande verneområde i tråd med godkjent forvaltningsplan og andre styrings­dokument. Vidare dekkjer posten utgifter til tilretteleggingstiltak av ulike slag i samband med styringa av ferdsla inntil og i nasjonalparkane. Posten er auka for å styrkje forvaltninga av nasjonalparkar og andre større verneområde som inngår i nasjonalparkplanen.

Post 31 Tiltak i naturvern- og friluftslivsområde, kan overførast

Posten dekkjer utgifter til ulike praktiske tiltak som følgjer av statleg tileigning av nasjonalt eller regionalt viktige friluftslivsområde, eller varige servituttavtaler for å sikre av allmenta sine friluftsinteresser i slike område. Posten dekkjer òg feltvise utgifter i naturområde freda ved kgl. res. Dette er m.a. utgifter til opparbeiding av stiar, tilrette­legging for publikum, uteinformasjonstiltak m. v.

Auken på posten er knytt til gjennomføringa av tiltak for tilrettelegging i sikra friluftsområde og for å styrkje forvaltninga av naturvernområde.

Post 32 Skjergardsparkar m. v., kan overførast

Posten er primært retta mot resultatområde 2 og dekkjer utgifter til den praktiske forvaltninga av skjergardsparkar og utgifter knytte til drift av skjergardstenesta i Oslofjorden. Begge desse ordningane er etablerte med bakgrunn i statlege initiativ. Posten skal òg dekkje utgifter til forvaltnings­oppgåver/områdeforvaltning, under dette nødvendig merkje- og oppsynsoppgåver i samband med skjergardsparkane og andre friluftslivsområde i kystsona som er sikra av staten.

Posten er føreslått auka med 2,4 mill. kr 2,0 mill. kr av dette er grunngitt i behovet for å styrkje skjergardstenesta til å dekkje utvidinga av skjergardsparken i Lindesnes og andre nye sikra område langs kysten. Det resterande er kompensasjon for auka meirverdiavgift.

Post 70 Tilskot til naturoppsyn, kan overførast.

Midlane under posten er retta mot resultatområde 1 Berekraftig bruk og vern av biologisk mangfald.

Mål

Målet med tilskotsordninga er å støtte opp om oppsynsaktivitetar i regi av frivillige organisasjonar der dette vil fungere som eit viktig supplement til aktivitetar som blir utførte av Statens naturoppsyn (SNO).

Posten dekkjer støtte til oppsynsaktivitetar i regi av frivillige organisasjonar. Dette fungerer som eit viktig supplement til aktivitetar som blir utførte av SNO. Spesielt vil det vere aktuelt å gi tilskot til førebyggjande tiltak mot faunakriminalitet. Tilskot gis til tiltak i regi av kompetente organisasjonar etter søknad. Tilskot kan m.a. gis til planlegging og gjennomføring av arbeid i felt og oppsynsrelevante kurs-, opplærings- og informasjonsverksemd innan dei aktuelle organisasjonane.

Oppfølging og kontroll:

Resultatkontroll og oppfølging skjer ved at tilskotsmottakarane leverer sluttrapportar og –rekneskap og eventuelt framdriftsrapportar med rekneskap. Det blir gjort ein generell formalia- og sannsynskontroll av rapportane og rekneskapane.

Post 71 Bru til Tautra, kan overførast

Midlane under posten er retta mot resultatområde 1 Berekraftig bruk og vern av biologisk mangfald. Løyvinga blir føreslått med same løyving som i budsjettet for 2001, jf. Budsjettinnst. S. nr. 9 (2000-2001).

Mål

Målet med posten er å medverke til å finansiere bygging av ny bru til Tautra i Sør-Trøndelag for å sikre det biologiske mangfaldet i Fuglereservatet på øya. Løyvinga er Miljøverndepartementet sin del av eit større prosjekt for å sikre gjennomstrøyming av vatn ved at eksisterande molo blir erstatta med bru.

Oppfølging og kontroll

Resultatkontroll og oppfølging skjer ved at tilskotsmottakarane leverer sluttrapport og –rekneskap og eventuelt framdriftsrapportar med rekneskap. Det blir gjort ein generell formalia- og sannsynskontroll av rapportane og rekneskapane.

Kap. 4426 Statens naturoppsyn (jf. kap 1426)

 

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2000

Saldert budsjett 2001

Forslag 2002

01

Ymse inntekter

7

206

106

Sum kap 4426

7

206

106

Post 01 Ymse inntekter

På posten er ført ulike inntekter for Statens naturoppsyn, under dette inntekter frå sal av nasjonalparkprodukt, inntekter frå oppdragsverksemd o.l. Eventuelle mindreinntekter på posten medfører tilsvarande mindreutgifter under kap. 1426 post 01.

Kap. 1427 Direktoratet for naturforvaltning (jf. kap. 4427)

 

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2000

Saldert budsjett 2001

Forslag 2002

01

Driftsutgifter

95 572

105 183

68 646

21

Spesielle driftsutgifter

32 333

30

Statlege tileigningar, bandlegging av friluftsområde , kan overførast

10 998

22 785

30 905

32

Statlege tileigningar, fylkesvise verneplanar , kan overførast

67 889

18 500

17 750

33

Statlege tileigningar, barskogvern , kan overførast

19 697

30 154

70 926

34

Statlege tileigningar, nasjonalparkar , kan overførast

610

2 000

2 100

60

Kommunal naturforvaltning , kan overførast

11 445

2 012

62

Tilskot til interkommunale friluftsråd , kan overførast

3 300

70

Tilskot til kalking og lokale fiskeføremål , kan overførast

100 200

92 200

72

Vederlag for rovviltskade , overslagsløyving

82 345

80 702

83 123

73

Førebyggjande tiltak mot rovviltskade og omstillingstiltak , kan overførast

41 598

40 000

34 500

74

Tilskot til friluftslivstiltak , kan overførast

4 800

7 670

11 670

75

Internasjonale avtaler og medlemskap

832

832

1 010

76

Tilskot til kulturlandskapstiltak , kan overførast

1 477

1 500

77

Tilskot til naturinformasjonssenter , kan overførast

5 396

5 400

6 400

78

Friluftsrådenes landsforbund og interkommunale friluftsråd , kan overførast

4 300

5 300

Sum kap 1427

345 960

421 238

456 863

Totalt har løyvingane under kap. 1427 auka med 37 mill. kr. Dette skuldast primært styrkinga av løyvinga til barskogvern over kap. 1427 post 33 på 40,0 mill. kr. Vidare er løyvingane til friluftsformål auka med 13,0 mill. kr over postane 30, 74 og 78, og det er lagt inn 7,4 mill. kr i auke på ulike postar som kompensasjon for auka utgifter som følgje av meirverdiavgiftsreforma.

I motsett retning trekkjer reduksjonar i løyvingane på til saman 23 mill. kr, jf. omtale under postane.

Direktoratet for naturforvaltning si rolle og ­oppgåver:

Direktoratet for naturforvaltning er Miljøverndepartementet sitt sentrale rådgjevande og utøvande fagorgan innan naturforvaltninga. Direktoratet for naturforvaltning har tverrfagleg kompetanse med basis i kunnskap om økologi, arealforvaltning og friluftsliv, og er temasenter for økologi og biologi. Direktoratet for naturforvaltning skal ha brei oversikt over naturtilstanden og skal kunne rapportere løpande om dette. Innanfor Direktoratet for naturforvaltning sitt ansvarsområde har direktoratet fagleg instruksjons­mynde overfor miljøvern­avdelingane ved fylkesmannsembeta. Direktoratet for na­tur­­forvaltning er òg delegert ansvar for økonomi- og overordna pers­onal­saker for desse.

Dei konkrete miljømåla Direktoratet for naturforvaltning arbeider mot er gjengitt under omtalen av resultatområde. Desse er oppsummerte i Direktoratet for naturforvaltning sine overordna mål som er: å bevare biologisk mangfald og å verne og styrkje allemanns­retten. Direktoratet for naturforvaltning sine hovudstrategiar for å nå måla er:

  • Sikre variasjonsbreidda i norsk natur og landskap og halde oppe den naturlege pro­duk­sjons­evna

  • Syte for at omsynet til ei langsiktig disponering av naturressursane blir lagt til grunn ved areal- og vassdragsplanlegging og planar om naturinngrep

  • Fremje høva til å bruke naturen til friluftsliv, opplæring og hausting

  • Skaffe fram og formidle kunnskap som grunnlag for ei aktiv og førebyggjande natur­forvaltning

Post 01 Driftsutgifter

Posten dekkjer lønn til faste og mellombels tilsette, utgifter til it-tenester og omstillings- og utviklingstiltak og utgifter til husleige og andre driftsutgifter for Direktoratet for naturforvaltning. Reduksjonen i løyvinga over posten i budsjettet for 2002 har primært samanheng med at midlar er overførte til kap. 1427 ny post 21, jf. omtale under den posten. Midlar til forskingsprogram for villaks på 5,0 mill. kr i regi av Noregs forskingsråd er føreslått overført til kap. 1410 post 51. Posten er elles redusert med 5,0 mill. kr som vart lagt inn til rotenonbehandling av Steinkjervassdraget i 2001-budsjettet, jf. Budsjett-innst. S. nr. 9 (2000-2001).

Post 21 Spesielle driftsutgifter

Posten er ny og er føreslått oppretta for å dekkje utgifter til faglege prosjekt og oppdrag som direktoratet utfører, og utgifter som er knytte til inntekter over kap. 4427. Dei fleste av midlane på posten var i statsbudsjettet for 2001 løyvde over kap. 1427 post 01.

Dei faglege prosjekta består av arbeid knytt til bevaring av villaksen og fjellreven, vassdragsforvaltning, konsekvensutgreiingar og tilsynsutval i samband med nasjonalparkar, forutan møtegodtgjersle for rovviltnemnder og gaupe- og jervenemnder. Vidare skal posten dekkje arbeidet med smoltanlegg, moskus, og rotenonbehandling på Hardangervidda. Utgifter til drifta av Kongsvold Fjeldstue og Songli forsøksgard blir òg dekte over posten. Når det gjeld Sognli er det viktig at eigendomen forvaltes til fordel for almenne interessar, og at ei auke i driften på 200.000 kr skal sikre forsvarlege prisar. Det er òg sett av midlar til tilsynsutval for nasjonalparkar, møtegodtgjersle for sentrale rovviltutval, lokal forvaltning i Setesdal-Vesthei og til tiltak for dei ville laksebestandane med vekt på arbeidet mot lakseparasitten Gyrodactylus salaris og betring av det faglege grunnlaget for regulering i laksefisket.

Strandsoneprosjektet er føreslått ført vidare med 2,8 mill. kr, jf. Budsjett-innst. S. nr. 9 (1999-2000). Desse midlane blir nytta til å styrkje innsatsen med å ta vare på strandområde m.a. ved juridisk hjelp til kommunane.

Løyvinga kan overskridast mot tilsvarande meirinntekter under kap. 4427 post 01, post 09 og post 54, jf. forslag til vedtak II nr. 1.

Post 30 Statlege tileigningar, bandlegging av friluftsområde, kan overførast

Midlane under posten er retta mot resultatområde 2 Friluftsliv. Staten har det økonomiske ansvaret for å sikre særskilde friluftsområde av nasjonal og regional verdi som f.eks. skjergardsparkar (jf. kap. 1426 post 32). Staten investerer òg i kommunal sikring av lokalt viktige friluftsområde i byar og tettstader gjennom bidrag til sikring mot tinglyst bandlegging av arealbruken til allment friluftsliv.

Sikringa blir gjennomført ved tileigning eller ved servituttavtale med grunneigar, helst på frivillig grunnlag, men i enkelte tilfelle òg ved ekspropriasjon, ved bruk av forkjøpsrett, ved konsesjon eller ved vilkår til konsesjon. I tillegg til sikring av friluftsområde skal midlane òg dekkje andre utgifter som er knytte til gjennomføring av desse oppgåvene som f.eks. førehandstakstar, plan- og oppmålingsarbeid, fagleg hjelp, trykking av plandokument, rapportar m. v.

Investeringsmidlane blir utbetalt når Direktoratet for naturforvaltning har motteke formell dokumentasjon på at heimel eller rett er overført og at staten sine vilkår er oppfylte.

I budsjettet for 2002 er posten føreslått auka med 8,1 mill. kr i forhold til 2001. Det har vore ein monaleg auke i talet på kvalifiserte søknader frå kommunane, og auken i løyvinga er med på å imøtekomme dette. Den auka innsatsen medfører at aktiviteten knytt til sikring av nye friluftsområde i byar og tettstader og langs kysten blir vesentleg høgare. Innanfor ramma av posten blir det for 2002 føreslått ført vidare 2 mill. kr til arbeidet med sikring og vern av friluftsliv- og naturområde langs Oslofjorden, jf. omtale under resultatområde 2 Friluftsliv.

Det blir føreslått ei tilsegnsfullmakt på 11,2 mill. kr, jf. forslag til vedtak VII.

Post 32 Statlege tileigningar, fylkesvise verneplanar, kan overførast

Midlane under posten er retta mot resultatområde 1 Berekraftig bruk og vern av biologisk mangfald. Posten skal dekkje utgifter til erstatning av dei økonomiske tap som eigarar og rettshavarar har ved vernetiltak etter naturvernloven, jf. erstatningsreglane i lova. Erstatningar blir fastsette ved minnelege avtaler eller ved rettslege skjønn. Posten skal òg dekkje kjøp av område som er verna eller føresett verna etter naturvernlova. Forutan erstatning og vederlag ved kjøp, skal midlane på denne posten òg dekkje andre utgifter som er knytte til gjennomføring av verneplanane, som trykking av verneplanar, grensemerking, utarbeiding av skjøtselsplanar når dette er nødvendig for å fastsetje skjønnsføresetnadene, annonsering m.v.

Gjennomføringa av fylkesvise verneplanar vil i 2002 følgje tidlegare fastsett vernetempo, dvs. ei sluttføring av arbeidet med dei gjenverande fylkesvise verneplanane i løpet av 2005. Ut frå dei kostnadsoverslag vi har i dag gir dette behov for ei ramme for nye tilsegner på til saman 23,3 mill. kr og ei tilsegnsfullmakt på til saman 39,6 mill. kr, jf. Forslag til vedtak VII. Det blir elles vist til nærare omtale av verneplanarbeidet under resultatområde 1 Berekraftig bruk og vern av biologisk mangfald.

Post 33 Statlege tileigningar, barskogvern, kan overførast

Midlane under posten er i hovudsak retta mot resultatområde 1 Berekraftig bruk og vern av biologisk mangfald.

Posten skal dekkje utgifter til erstatning av dei økonomiske tap eigarar og rettshavarar har ved barskogvern etter naturvernlova, jf. erstatningsreglane i lova. Erstatningar blir fastsette ved minnelege forhandlingar eller ved rettslege skjønn. Posten skal òg dekkje kjøp av bar­skogs­område som er verna eller føresett vernet etter naturvernlova, og utgifter som staten som grunneigar har i samband med forvaltninga av innkjøpte eigedommar. Vederlagsordninga på 5,0 mill. kr for kompensasjon til grunneigarar som har område på bruttolista for barskogvern, skal òg dekkjast av posten.

Forutan erstatning og vederlag ved kjøp, skal midlane på denne posten òg dekkje andre utgifter som er knytte til gjennomføring av barskogplanane, som utgifter i tilknyting til makeskifte, under dette utgifter til eigedomsforvaltning i den perioden staten er grunneigar, trykking av verneplanar, grensemerking, utarbeiding av forvaltningsplanar når dette er nødvendig for å fastsetje skjønnsføresetnadene, annonsering m. v.

Regjeringa legg stor vekt på å gjennomføre barskogvernet i tråd med Stortinget si behandling av stortingsmeldinga om barskogvern, jf. St.meld. nr. 40 (1994-95). Løyvinga på posten er derfor føreslått auka med 43,8 mill. kr. Dette er i tråd med overslaget for midlar som kjem til utbetaling på tidlegare gitte tilsegner knytte til vedtatt barskogvern. Auken skal òg dekkje utgifter til kjøp av makeskifteareal, jf. Stortinget sine merknader i Innst. S. nr. 325 (2000-2001). Ut frå dagens kostnadsoverslag er det behov for ei ramme for nye tilsegner på til saman 123,5 mill. kr og ei tilsegnsfullmakt på til saman 230,3 mill. kr, jf. forslag til vedtak VII.

Løyvinga kan overskridast med inntekter frå sal av makeskifteareal under kap. 4427 post 40, jf. forslag til vedtak II nr. 3. Inntil 8 mill. kr av løyvinga kan nyttast til kjøp av areal som seinare kan makeskiftast med areal som blir verna, jf. forslag til vedtak VIII.

Det blir elles vist til nærare omtale av verneplanarbeidet under resultatområde 1 Berekraftig bruk og vern av biologisk mangfald.

Post 34 Statlege tileigningar, nasjonalparkplanen, kan overførast

Midlane under posten er retta mot resultatområde 1 Berekraftig bruk og vern av biologisk mangfald.

Posten skal dekkje utgifter til erstatning av det økonomiske tap eigarar og rettshavarar har ved vernetiltak etter naturvernlova, jf. erstatningsreglane i lova. Erstatningar blir fastsette ved minnelege avtaler eller ved rettslege skjønn.

Forutan erstatning og vederlag skal midlane på denne posten òg dekkje andre utgifter som er knytte til gjennomføring av nasjonalparkplanen, som utgifter i tilknyting til trykking av verneplanutkast, grensemerking, og utarbeiding av forvaltningsplanar når dette er nødvendig for å fastsetje skjønnsføresetnadene, annonsering m. v.

Gjennomføringa av Nasjonalparkplanen vil i 2002 følgje tidlegare fastsett vernetempo, dvs. ei framdrift som sikrar at Nasjonalparkplanen er sluttført i år 2010. Det er føreslått ein auke i tilsegnsfullmakta på posten med 16,6 mill. kr. Auken er nødvendig for å halde oppe det tempo som er nødvendig for å sikre gjennomføring av nasjonalparkplanen innan fastsett tidsramme, jf. St.meld. nr. 62 (1991-92). Ut frå dagens kostnadsoverslag gir dette behov for ei ramme for nye tilsegner på til saman 19,4 mill. kr og ei tilsegnsfullmakt på til saman 25,0 mill. kr for 2002, jf. Forslag til vedtak VII. Det blir òg vist til kap. 1427 post 21, der løyvingsforslaget for 2002 inkluderer ei vidareføring av 3 mill. kr til dekning av driftsutgifter knytte til gjennomføringa av Nasjonalparkplanen.

Det blir elles vist til nærare omtale av verneplanarbeidet under resultatområde 1 Berekraftig bruk og vern av biologisk mangfald.

Post 60 Kommunal naturforvaltning, kan overførast

Posten er føreslått nedlagt i budsjettet for 2002. Løyvinga har dekt tilskot til Aksjon Vannmiljø. Alle tilsegner til formålet er no utbetalte.

Post 70 Tilskot til kalking og lokale fiskeføremål, kan overførast

Tilskotsordningane under denne posten rettar seg mot resultatområda 1 Berekraftig bruk og vern av biologisk mangfald og delar av resultatområde 7 Klimaendringar, luftforureining og støy. Det er føreslått ein reduksjon i løyvinga på til saman 8,0 mill. kr.

Som følgje av at kap. 1425 post 70 Tilskot til fiskeformål er føreslått redusert med 4,8 mill. kr, blir det føreslått at noko av reduksjonen blir oppvegen ved at 2,3 mill. kr av løyvinga til kap. 1427 post 70 Tilskot til kalking og lokale fiskeformål, blir sett av til tiltak retta mot tilrettelegging av fiske for allmenta.

Budsjettendringane inneber at det må gjennomførast ei viss reduksjon i kalkingsverksemda.

Mål

Målsetjinga med tilskotsordninga er å redusere negative effektar på det biologiske mangfaldet i vassdrag som følgje av sur nedbør og andre alvorlege menneskeskapte trugsmål. Vidare skal tilskotsordninga nyttast til å klarleggje behov for nye tiltak eller gi grunnlag for innsats som kan redusere behovet for kalking i Noreg. I tillegg skal ordninga medverke til å betre høva for fritidsfiske. Tilskotsordninga blir forvalta dels av Direktoratet for naturforvaltning og dels av fylkesmennene.

Tildelingskriterium:

Tilskot kan gis til prosjekt i område der tolegrensa for menneskeskapt forsuring er overskriden. I tillegg vil m.a. førekomst av organismar og fiskeslag som er følsame for forsuring bli vurdert ved prioritering av prosjekt. Prosjekt som er inkluderte i forslag til nasjonal handlingsplan for kalking og/eller fylkesvise planar for kalkingsverksemda blir prioriterte. Tilskot kan m.a. gis til kjøp, transport og spreiing av kalk og nødvendige installasjonar. Det gis òg tilskot til tiltak innan fiskekultivering og andre tiltak for å styrkje fiskebestandane i kalka vassdrag og til utprøving av kalking og alternative tiltak i terrenget. Posten dekkjer òg informasjon om effektar av utførte tiltak og vegleiing om kalking i vatn og vassdrag. I tillegg gis tilskot til tiltak som betrar allmenta sine høve til å fiske. Delar av tilskotsordninga er bundne i langsiktige tiltak.

Tilskotsmottakarar er organiserte lag som jeger- og fiskarforeiningar, fiskelag, grunneigarlag o.l., og kommunar.

Ved tildeling av midlar blir det til vanleg stilt vilkår om at fiske i området blir opna for allmenta og at søkjaren medverkar med ein viss felles eigeninnsats. Eigeninnsatsen kan vere delfinansiering, dugnadsarbeid, kultiveringstiltak o. a.

Oppfølging og kontroll:

Resultatkontroll og oppfølging skjer ved oppfølgjande undersøkingar av vasskvalitet og fiskebestandar.

Det blir i tillegg utført ein generell formalia- og sannsynskontroll av rapportar frå tilskots­mottakarar om gjennomføring av tiltak og ressursforbruk. Til rapporteringa er utvikla eit eige databaseverktøy (limnobasen), som blir ajourført av fylkesmennene.

Post 72 Vederlag for rovviltskade , overslagsløyving

 

(i 1 000 kr)

Underpost

Nemning

Rekneskap 2000

Saldert budsjett 2001

Forslag 2002

72.1

Vederlag for tap av bufe

82 345

55 702

58 123

72.2

Vederlag for tap av tamrein

25 000

25 000

Sum post 72

82 345

80 702

83 123

Posten omfattar erstatningar for tap av bufe og tamrein. Midlane under posten er retta mot resultatområde 1 Berekraftig bruk og vern av biologisk mangfald.

Løyvinga på post 72 dekkjer erstatningar for rovviltskadar på bufe og tamrein valda av store rovdyr. Erstatningane kan variere frå år til år, m.a. på grunn av naturgjevne forhold. Løyvingsbehovet er slik sett vanskeleg å stipulere, og posten er derfor budsjettert som overslagsløyving. Dokumentasjonen av skadane er betra etter kvart som innsatsen med bestandsregistrering og skadedokumentasjon er trappa opp i fylka. Skadedokumentasjonen er for heile landet no organisert i regi av Statens naturoppsyn.

Mål:

Målet med ordninga er å sikre full erstatning for dokumenterte og sannsynleggjorde rovviltskadar på bufe og tamrein slik dette er nedfelt i viltlova.

Oppfølging og kontroll:

Det blir gjennomført ein gjennomgang av erstatningssøknadene for å sikre at vilkåra for erstatning er oppfylte.

Underpost 72.1 Vederlag for tap av bufe

Løyvinga dekkjer erstatningar for skadar på husdyr valda av store rovdyr. Erstatningar blir utbetalt i samsvar med forskrift fastsett i medhald av lov av 29. mai 1981 nr. 38 om viltet, § 12 a. Det blir vist til «Forskrift om erstatning for tap og følgeskader når husdyr blir drept eller skadet av rovvilt», fastsett 2. juli 1999.

Underpost 72.2 Vederlag for tap av tamrein

Løyvinga dekkjer erstatningar for skadar på tamrein valda av store rovdyr, jf. Lov av 29. mai 1981 nr. 38 om viltet, §12 a. Erstatningar blir utbetalt i samsvar med forskrift fastsett i medhold av lov av 29. mai 1981 nr 38 om viltet, § 12 a. Det blir vist til «Forskrift om erstatning for tap og følgeskader når tamrein blir drept eller skadet av rovvilt», fastsett 4. mai 2001.

Post 73 Førebyggjande tiltak mot rovviltskade og omstillingstiltak , kan overførast

 

(i 1 000 kr)

Underpost

Nemning

Rekneskap 2000

Saldert budsjett 2001

Forslag 2002

73.3

Førebyggjande tiltak mot rovviltskada

41 598

32 000

30 500

73.4

Omstillingstiltak

8 000

4 000

Sum post 73

41 598

40 000

34 500

Midlane under posten er retta mot resultatområde 1 Berekraftig bruk og vern av biologisk mangfald og omfattar førebyggjande tiltak og omstillingstiltak mot rovviltskadar. Midlane kan òg nyttast til utviklingsarbeid med førebyggjande og konfliktreduserande effekt. Av reduksjonen under posten utgjer 1,5 mill. kr utgifter til dekning av møtegodtgjersle for sentrale rovviltutval som er overført til kap. 1427 post 21.

Føreslaget inneber at ein held fram med ei stor satsing på førebyggjande tiltak og omstilling. For 2002 vil det bli lagt særleg vekt på ei vidareføring av arbeidet med tiltak innan førebygging og omstilling med utgangspunkt i målsetjinga om ein differensiert bruk av verkemiddel i rovviltforvaltninga, jf. St.meld. nr. 35 Om rovviltforvalting, jf. Innst. S. nr. 301 (1996-97).

Mål:

Målet med tilskotsordninga er å finansiere tiltak som kan førebyggje rovviltskadar.

Oppfølging og kontroll:

For tilskot til førebyggjande tiltak og omstilling gis særlege vilkår i kvart enkelt tilfelle. Det blir utført ein generell formalia- og sannsynskontroll av rapportar frå tilskotsmottakarar om gjennomføring av tiltak og ressursforbruk. Når tilskot gis til m.a. FoU-tiltak, blir i tillegg kvaliteten på produktet kontrollert i forhold til de forventningar som er gitt i tilsegna eller kontrakten.

Underpost 73.3 Førebyggjande tiltak

Løyvinga dekkjer førebyggjande tiltak for å avgrense rovviltskadar. Midlane vil som tidlegare bli nytta til tiltak og prosjekt i regi av enkeltbrukarar og lokale, regionale og landsomfattande organisasjonar. Delar av midlane vil òg bli nytta til forvaltningsretta FoU. Slikt utviklingsarbeid er nødvendig for å kunne utvikle effektive og målretta førebyggjande tiltak. Hovuddelen av løyvinga blir tildelt fylkesmannen etter fylkesvise planar og prioriteringar. Den endelege fordelinga av midlar til konkrete tiltak i fylka skjer i dei regionale rovviltutvala eller forsøksnemnder slik Stortinget har bedt om. Midlar blir tildelte etter søknad, og det krevst rapportering av tapsreduserande eller konfliktdempande effekt. Den del av løyvinga som blir nytta i Direktoratet for naturforvaltning, blir nytta til fellesoppgåver for distrikta som det ikkje er mogleg eller føremålstenleg å handtere på fylkesnivået.

Underpost 73.4 Omstillingstiltak

Løyvinga skal dekkje kostnader knytte til frivillig omstilling frå rovviltutsette produksjonar til annan type verksemd for brukarar som er spesielt utsette. Løyvinga må sjåast i samanheng med verkemiddel innanfor landbruket, under dette avsetjinga av særleg mjølkekvote for rovviltutsette brukarar. Reduksjonen i løyvinga for 2002 skuldast ei omprioritering til fordel for auka vektlegging av skadedokumentasjon i regi av Statens naturoppsyn, og framleis sterk satsing på effektive førebyggjande tiltak. Omstillingstiltak har særleg vore nytta i samband med omstilling frå sau til mjølkeproduksjon. Dette har i mange tilfelle vist seg å vere svært kostbare tiltak i forhold til den tapsreduserande effekten som kan oppnåast.

Post 74 Tilskot til friluftslivstiltak, kan overførast.

Midlane under posten er retta mot resultatområde 2 Friluftsliv.

Mål:

Målet med tilskotsordninga er å medverke til stimuleringstiltak og haldningsskapande arbeid for friluftsliv, under dette tiltak som styrkjer allmenta sine interesser.

Tilskot kan gis til lokale lag og organisasjonar og Friluftslivets fellesorganisasjon (FRIFO) og eventuelle andre samanslutningar av landsdekkjande frivillige organisasjonar med friluftsliv som arbeidsområde. Det er lagt inn 2,0 mill. kr til prosjektstøtte til friluftslivsorganisasjonar, under dette Forum for natur og friluftsliv, og 2,0 mill. kr til aktivitetstiltak for barn og unge i samband med satsinga på friluftsliv i budsjettet

Oppfølging og kontroll:

Tilskotsmottakar blir følgt opp i forhold til at midlane blir nytta som føresett og at tiltak blir gjennomførte. Kontrollen overfor tilskotsmottakar går føre seg gjennom generell formalia- og sannsynskontroll av innsendte rapporter.

Post 75 Internasjonale avtaler og medlemskap

Tilskotsordninga er primært knytt til ei rekkje arbeidsmål på resultatområde 1 Berekraftig bruk og vern av biologisk mangfald, men fleire arbeidsmål under resultatområde 8 er òg relevante.

Mål:

Målet for tilskotsordninga er å støtte ovannemnde organisasjonar i deira arbeid internasjonalt for vern av biologisk mangfald og berekraftig bruk av biologiske ressursar, og å gjere Direktoratet for naturforvaltning og andre delar av miljøforvaltninga i stand til å delta i det faglege internasjonale nettverket desse organisasjonane utgjer. Det skjer ei kontinuerleg en vurdering av organisasjonen sine målsetjingar og kva nytte Direktoratet for naturforvaltning kan ha av medlemsskapet.

Posten skal dekkje utgifter i samband med Direktoratet for naturforvaltning sitt medlemsskap i relevante internasjonale organisasjonar, under dette:

  • Federation of Nature and National Parks of Europe (FNNPE)

  • Conseil International de La Chasse (CIC)

  • Verdas naturvernunion – The World Conservation Union (IUCN)

  • Wetlands International (WI)

  • BirdLife International (BI)

  • Nordisk kollegium for viltforsking (NKV)

  • Den nord-atlantiske laksevernorganisasjon – North Atlantic Salmon Conservation Organisation (NASCO)

Posten skal òg dekkje utgifter knytte til avtalefesta oppfølgingsprosjekt i tilknyting til medlemsskapet. Posten er auka med 0,2 mill. kr for å dekkje auka kontingentutgifter.

Oppfølging og kontroll:

Oppfølging skjer hovudsakleg i form av deltaking i møte i organisasjonane sine styrande organ, der det blir fatta avgjersler m.a. om budsjett, kontingentar og økonomisk styring. Oppfølging av spesielle prosjekt skjer gjennom deltaking i referanse-, arbeids- eller styringsgrupper, ved kontakt med slike grupper, eller ved direkte kontakt med prosjektet.

Kontrollen skjer i hovudsak gjennom generell formalia- og sannsynskontroll av innsende prosjektrapportar og årsmeldingar, og av revisorstadfesta årsrekneskapar frå organisasjonane. I tillegg deltek Direktoratet for naturforvaltning på møte i organisa­sjonane sine styrande organ, der det blir fatta avgjersler m.a. om budsjett, kontingentar og økonomisk styring.

Post 76 Tilskot til kulturlandskapstiltak, kan overførast

Midlane under denne posten har vore retta mot resultatområde 1 Berekraftig bruk og vern av biologisk mangfald og 3 Kulturminne og kulturmiljø. Posten er føreslått nedlagt for å mogleggjere andre satsingar under Miljøverndepartementet sitt budsjett.

Post 77 Tilskot til naturinformasjonssenter, kan overførast.

Tilskotsordninga er i hovudsak retta mot resultatområda 1 Berekraftig bruk og vern av biologisk mangfald og 2 Friluftsliv.

Mål:

Målet med tilskotsordninga er å sikre etablering og drift av nasjonalparksenter ved 13 eksisterande og framtidige nasjonalparkar jf. omtale under resultatområde 1. Nasjonal­parksentra sin hovudfunksjon er å formidle informa­sjon om natur- og kulturverdiar og medverk til ei god forvaltning av nasjonalparkane.

Løyvinga på posten dekkjer utgifter til forprosjektering og etableringskostnader for nye nasjonalparksenter, medverknad i gjeldssanering ved to eksisterande senter og opp­trapping av tiltak innan informasjonsformidling ved eksisterande nasjonalparksenter.

Oppfølging og kontroll:

Resultatkontroll og oppfølging skjer ved at tilskotsmottakarane leverer sluttrapportar og –rekneskap og eventuelt framdriftsrapportar med rekneskap. Det blir utført ein generell formalia- og sannsynskontroll av rapportane og rekneskapane. Det blir òg nytta stikkprøve­kontroll m.a. ved gjennomsyn av utstillingar og informasjonsmateriell som det er gitt støtte til.

Post 78 Friluftsrådenes landsforbund og interkommunale friluftsråd, kan overførast

Midlane under posten er retta mot resultatområde 2 Friluftsliv.

Mål:

Målet med tilskotsordninga er å medverke til å styrkje arbeidet i Friluftsrådas Landsforbund som er ein paraplyorganisasjon for dei interkommunale friluftsråda. Tiltak som styrkjer allmenta sine interesser for friluftslivet vil bli prioriterte.

Friluftsrådas Landsforbund og dei interkommunale friluftsråda står for ei effektiv organisering av arbeid med sikring, tilrettelegging og skjøtsel av friluftslivsområde på vegne av det offentlege. Friluftsrådas Landsforbund vart oppretta 1988/89 og har i dag 17 tilslutta interkommunale friluftsråd som til saman dekkjer ca. 135 kommunar med ca. 60 % av befolkninga i landet.

Posten er føreslått styrkt med 1,0 mill. kr i 2002-budsjettet i samband med Regjeringa si auka satsing på friluftsliv.

Oppfølging og kontroll:

Tilskotsmottakar blir følgt opp i forhold til at midlane blir nytta som føresett og at tiltak blir gjennomførte. Kontrollen overfor tilskotsmottakar skjer ved gjennomgang av rapportar som blir leverte til fastsette tidspunkt. Rapportering i forhold til bruk av tilskotsmidlar blir òg tekne opp i årlege møte med Friluftsrådas Landsforbund.

Kap. 4427 Direktoratet for naturforvaltning (jf. kap. 1427)

 

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2000

Saldert budsjett 2001

Forslag 2002

01

Ymse inntekter

6 800

7 607

7 000

09

Internasjonale oppdrag

3 556

1 700

1 700

16

Refusjon av fødselspengar/ adopsjonspengar

1 171

54

Gebyr

2 769

2 300

2 300

90

Sal av aksjar

10

Sum kap 4427

14 306

11 607

11 000

Post 01 Ymse inntekter

Under posten blir m.a. ført inntekter ved sal av Direktoratet for naturforvaltning sine rapportar og andre produkt og oppdragsinntekter. Dei tilsvarande utgiftene er budsjetterte under kap. 1427 post 01. Eventuelle mindreinntekter i forhold til budsjett medfører tilsvarande mindreutgifter under kap. 1427 post 21. Løyvinga under kap. 1427 post 21 kan overskridast mot tilsvarande meirinntekter under denne posten, jf. forslag til vedtak II nr. 1.

Post 09 Internasjonale oppdrag

Inntektene under posten skal finansiere dei tilsvarande utgiftene til verksemd tilknytt kompetanse­nettverket i samband med miljøretta bistand. Dei tilsvarande utgiftene er budsjetterte på kap. 1427 post 21. Eventuelle mindreinntekter medfører tilsvarande mindreutgifter under kap. 1427 post 21. Løyvinga under kap. 1427 post 21 kan overskridast mot tilsvarande meirinntekter under denne posten, jf. forslag til vedtak II nr. 1.

Post 54 Gebyr

Inntektene på denne posten skal dekkje utgiftene til den obligator­iske jegerprøven som vart sett i verk frå 01.04.86. Kvar jeger som går opp til prøven må betale eit eksamensgebyr på kr 200. Gebyr­inntektene skal dekkje dei tilsvarande utgiftene under kap. 1427 post 21 til å drive eksamensordninga. Det budsjetterte beløpet er basert på den venta årlege tilgangen på nye jegerar. Eventuelle mindreinntekter i forhold til budsjett medfører tilsvarande mindreutgifter på kap. 1427 post 01. Løyvinga under kap. 1427 post 21 kan overskridast mot tilsvarande meirinntekter under denne posten, jf. forslag til vedtak II nr. 1.

Programkategori 12.30 Kulturminne og kulturmiljø

Utgifter under programkategori 12.30 fordelte på kapittel

 

(i 1 000 kr)

Kap.

Nemning

Rekneskap 2000

Saldert budsjett 2001

Forslag 2002

Pst. endr. 01/02

1429

Riksantikvaren (jf. kap. 4429)

184 887

200 151

209 510

4,7

Sum kategori 12.30

184 887

200 151

209 510

4,7

Kap. 1429 er overført frå programkategori 12.20. Kapitla 1441, 1443 og 2422 som tidlegare vart førte under denne kategorien er flytta til ny programkategori 12.40, mens kapittel 1442 er overført til programkategori 12.10. Løyvingane under kap 1429 høyrer inn under resultatområde 3 Kulturminne og kulturmiljø. Ein viser til innleiinga i del 2 der det blir gjort greie for budsjettvise endringar i 2002 innanfor resultatområdet.

Kap. 1429 Riksantikvaren (jf. kap. 4429)

 

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2000

Saldert budsjett 2001

Forslag 2002

01

Driftsutgifter

71 432

77 093

74 323

21

Spesielle driftsutgifter , kan nyttast under kap. 1429 postene 72 og 73

35 470

18 021

28 150

60

Regionale kulturminnetiltak

31 674

8 000

70

Tilskot til samarbeidsprosjekt mellom offentleg og privat sektor innafor kulturminnefeltet , kan overførast

10 000

72

Vern og sikring av freda og verneverdige kulturminne og kulturmiljø , kan overførast, kan nyttast under kap. 1429 post 21

42 837

89 684

90 684

73

Brannsikring og beredskapstiltak , kan overførast, kan nyttast under kap 1429 post 21

2 373

6 453

5 453

75

Internasjonalt samarbeid , kan overførast

1 101

900

900

Sum kap 1429

184 887

200 151

209 510

Riksantikvaren si rolle og oppgåver:

Riksantikvaren (RA) er direktorat for kulturminneforvaltning og Miljøverndeparte­mentet sin rådgjevande og utøvande faginstans for forvaltning av kulturminne og kultur­miljø. Riksantikvaren skal medverke fagleg til departementet sitt arbeid med kulturminnevern som ein integrert del av miljøvernpolitikken. Riksantikvaren har òg ein rådgjevande funksjon overfor annan offentleg forvaltning, allment og næringslivet. I saker der Riksantikvaren utøvar mynde etter særlov, skal både kulturminnefaglege og andre samfunnsomsyn leggjast til grunn for avgjerslene. Riksantikvaren har ansvaret for gjennomføring av den statlege kulturminnepolitikken, og har i den samanhengen eit overordna fagleg ansvar for fylkeskommunane, forvaltningsmusea, Syssel­mannen og Samisk kulturminneråd sitt arbeid som regionale styresmakter for kulturminne. Riks­antikvaren skal gjennom tilretteleggings- og stimuleringstiltak medverke til at kom­munane tek omsyn til kulturminne og kulturmiljø som viktige element og ressursar i sine omgivnader. Riksantikvaren skal formidle kontakt mellom norske og internasjonale fagmiljø, representere norske styresmakter i relevante internasjonale organ og sjå til at folkerettsleg bindande avtaler om kulturminnevern blir etterlevde.

Dei konkrete miljømåla som Riksantikvaren arbeider mot er gjengitt under omtalen av resultat­område 3. Riksantikvaren sin hovudstrategi for å nå måla er m.a. å:

  • sikre at kulturminne og kulturmiljø blir nytta og forvalta slik at verdiane i dei blir tekne vare på og aktiviserte som bidrag til ei berekraftig utvikling

  • sikre at vernet av kulturminne og kulturmiljø har stor geografisk, sosial, etnisk og tidsmessig breidde

  • sikre at kulturminne og kulturmiljø er premissar for bruk av areal og for utform­inga av stader og aktuelle anleggs-, ombyggings- og utbyggingstiltak

  • delta i internasjonalt samarbeid for å medverke til å sikre kulturelle rettar, utveksle kunnskap og etablere kulturminnevern som ein viktig del av eit sektorovergripande miljøvern

Riksantikvaren har utarbeidd serviceerklæringar for sine brukarar.

Budsjettforslaget inneber ei vidareføring av arbeidet på viktige område som f.eks. sikring av stavkyrkjene, fartøyvern, dei 8 tekniske og industrielle kulturminna som Miljøverndepartementet og Kulturdepartementet er samde om å prioritere, dei private eigarane av freda bygningar, dei 4 norske verdsarvområda m.v. I tillegg er det føreslått å etablere ei ny tilskotsordning, ny post 70 for samfinansiering av kulturminneprosjekt ved hjelp av offentlege og private midlar.

Post 01 Driftsutgifter

Midlane på post 01 dekkjer ordinære lønns- og driftsutgifter hos Riksantikvaren. Dette gjeld lønn og godtgjersler til faste og mellombels tilsette og faste og variable driftsutgifter som husleige, oppvarming, IT, kontorservice m.v. Posten dekkjer òg eit avgrensa kjøp av tidsavgrensa konsulenttenester som er nødvendig for Riksantikvaren sitt arbeid. Dette omfattar m.a. arbeid i samband med faglege prosjekt/utgreiingar og informasjonstiltak. Vidare dekkjer posten utgifter knytte til sal av rapportar m. v., utgifter i tilknyting til oppdragsverksemda og til deltaking i kompetansenettverket for miljøretta bistand samt anna oppdragsverksemd. Dei tilsvarande inntektene blir førte under kap. 4429 respektive post 02 og 09.

Det er planlagt at godt og vel 70 % av midlane på post 01 skal dekkje ordinære lønnskostnader. Resten av midlane vil bli nytta til reiseverksemd, husleige, IKT og driftsutgifter som energi, porto etc., og kompetanseutvikling og informasjonstiltak.

Som nemnt under resultatområde 3 Kulturminne og kulturmiljø (arbeidsmål 2.3), blir det forhandla med UNESCO om å etablere Det nordiske verdsarvkontoret (NWHO) som ei stifting, sjå òg kap. 1429 post 72.9. Inntil dette er avklart, blir lønns- og driftsutgifter til Det nordiske verdsarvkontoret dekte under denne posten.

Løyvinga kan overskridast mot tilsvarande meirinntekter under kap. 4429 postane 02 og 09, jf. forslag til vedtak II nr. 1.

Post 21 Spesielle driftsutgifter, kan nyttast under kap. 1429 postene 72 og 73

For å sikre kvaliteten på og ei effektiv gjennomføring av større sikringstiltak og istandsetjingsarbeid er det ofte føremålstenleg og økonomisk gunstig at Riksantikvaren står som tiltakshavar, framfor at ein tilskots­mottakar gjennomfører tiltaket. F.eks. gjeld dette i forhold til kulturminnetiltak der det ikkje eksisterer eit førebuande og utøvande ledd utanfor Riksantikvaren til å gjennomføre tiltaka og der det er uklare eigarforhold eller ingen naturleg tilskotsmottakar. I slike tilfelle må Riksantikvaren kjøpe tenester før tiltak blir sette i verk. Iverksetjinga av sjølve tiltaka kan òg bere preg av tenestekjøp. Vernetiltak som blir gjennomførte etter ein slik modell, skal fullt ut budsjetterast på driftspost. Midlane må òg sjåast i samanheng med midlane som er budsjetterte under tilskotspostane 72, 73 og 75.

Posten dekkjer òg utgifter knytte til nødvendig innhenting av kunnskap og utviklingsarbeid, m.a. metodar for teknisk vedlikehald og skjøtsel av ulike typar kulturminne, samisk kulturminnevern og kulturminneforvaltning i by- og tettstadsutvikling. Midlane blir nytta til kjøp av tenester frå m.a. forvaltningsmusea og NIKU. I tillegg dekkjer posten utgifter til utvikling og etablering av ein nasjonal kulturminnedatabase basert på ulike eksisterande kulturminneregister. Databasen er avgjerande for at m.a. privatpersonar, næringslivet og kommunesektoren skal få lett tilgang til stadfesting og annen kunnskap om kulturminne. Dette vil medverke effektivt til å førebyggje konfliktar mellom utbyggjarar og offentleg kulturminneforvaltning, samtidig som fleire får betre høve til å ta vare på kulturminne og kulturmiljø. Databasen er nødvendig for overvaking av «bestandane» av kulturminne og for rapportering om tilstand. I tillegg blir posten nytta til internasjonalt arbeid. I budsjettet for 2002 er løyvinga under post 21 føreslått auka m.a. for å ivareta nødvendig register- og kompetanseutvikling i samband med kommunesatsinga innanfor kulturminneforvaltninga.

Post 60 Regionale kulturminnetiltak, kan overførast

Posten blir føreslått nedlagt.

Post 70 Tilskot til samarbeidsprosjekt mellom offentleg og privat sektor innafor kultur­minnefeltet , kan overførast (ny)

Mål:

Målet med tilskotsordninga er todelt:

  1. Løyse ut privat kapital som saman med midlar frå tilskotsordninga skal stimulere til auka lokal kulturminnesatsing, med særleg vekt på prosjekt som kan medverke til ny bruk av bygningar som har gått ut av bruk, skape nytt liv i freda og verneverdig bygningar gjennom næringsutvikling og liknande, restaureringsprosjekt som medverker til lokal kompetanseoppbygging innafor tradisjonelt handverk og materialbruk.

  2. Medverke til å støtte partnarskap lokalt og regionalt mellom offentleg og privat sektor.

Det er ein føresetnad for å få tilskot at prosjekta blir følgde av private midlar, kommunale midlar eller andre statlege midlar.

Prosjekt som fell inn under dei prioriterte satsingsområda vil bli særleg prioriterte.

Oppfølging og kontroll:

Oppfølging og kontroll skjer ved generell formalia- og sannsynskontroll av rekneskap og sluttrapport frå tilskotsmottakaren. I enkelte høve skjer det òg kontroll av om kulturminnet er sikra og sett i stand etter antikvariske retningslinjer. Fagleg oppfølgingsansvar kan leggjast til fylkeskommunen sin kulturetat og Sametinget.

Post 72 Vern og sikring av freda og verneverdige kulturminne og kulturmiljø , kan overførast, kan nyttast under kap. 1429 post 21

 

(i 1 000 kr)

Underpost

Nemning

Rekneskap 2000

Saldert budsjett 2001

Forslag 2002

72.2

Vern og sikring av freda og bevaringsverdige bygningar og anlegg

30 353

31 353

72.3

Vern og sikring av middelalderbygninga og anlegg

5 457

5 457

72.4

Kystkultur og fartøyvern

42 837

23 154

23 154

72.5

Kulturlandskap

1 550

1 550

72.6

Skjøtsel av automatisk freda kulturminne

7 308

7 308

72.7

Samisk kulturminnevern

1 000

1 000

72.8

Tekniske og industrielle kulturminne

14 502

14 502

72.9

World Heritage List, nasjonale oppgåver

6 360

6 360

Sum post 72

42 837

89 684

90 684

Alle tilskotsordningane under denne posten rettar seg mot resultatområde 3 Kulturminne og kulturmiljø. Posten blir nytta til vern og sikring av freda bygningar og anlegg gjennom tilskot til eigarar av slike kulturminne og kulturmiljø. Posten blir òg nytta til bygningar som Riksantikvaren sjølv har eit eigaransvar for.

Ved større tiltak er det ofte både føremålstenleg og økonomisk mest gunstig at Riksantikvaren eller fylkeskommunane i staden for eigar av bygningen eller anlegget står for iverksetjing og gjennomføring av tiltaka. Det skjer ved at Riksantikvaren eller fylkeskommunane kjøper tenestene og følgjer opp arbeidet. Tiltaket kjem i desse tilfella eigaren til gode, men kostnadene blir rekneskapsført som driftsutgifter over post 21, jf. omtale under post 21.

Underpost 72.2 Vern og sikring av freda og bevaringsverdige bygningar og anlegg

Mål:

Målet med tilskotsordninga er å medverke til vern og sikring av freda og bevaringsverdige bygningar og anlegg.

Midlane blir nytta til større vedlikehalds- og restaureringsarbeid på kulturminne av nasjonal verdi. Riksantikvaren kan sjølv prioritere og initiere oppgåver og tiltak innanfor særlege satsingsfelt. Det blir lagt vekt på utvikling av handverkskompetanse og vidareføring av tradisjonell handverksteknikk og materialbruk, og utvikling og gjennomføring av spesielle konserveringsoppgåver. Målgruppa er eigarar og forvaltarar av freda eller verneverdige kulturminne og kulturmiljø.

Oppfølging og kontroll:

Kontrollen skjer ved ein generell formalia- og sannsynskontroll av rekneskap og sluttrapport frå tilskotsmottakaren. I spesielle tilfelle er det òg aktuelt med kontroll på staden av Riksantikvaren eller fylkeskommunen for å sjå til at tiltaket er gjennomført etter antikvariske retningslinjer og andre føresetnader for tilskotet.

Underpost 72.3 Vern og sikring av middelalderbygningar og anlegg

Mål:

Tilskotsordninga skal medverke til å verne og sikre automatisk freda bygningar og ruinar frå middelalderen, under dette stavkyrkjene.

Oppfølging og kontroll:

Oppfølging og kontroll skjer ved ein generell formalia- og sannsynskontroll av rekneskap og sluttrapport frå tilskotsmottakaren. I enkelte tilfelle skjer det òg ved kontroll av om kulturminnet er sikra og sett i stand etter antikvariske retningslinjer.

Underpost 72.4 Kystkultur og fartøyvern

Mål:

Målet med tilskotsordninga er todelt:

  1. Sikre og setje i stand eit representativt utval faste kulturminne langs kysten og eit representativt utval fartøy.

  2. Medverke til drift av utvalde fartøyvernsenter slik at desse kan utøve verksemda etter formålet.

Oppfølging og kontroll:

  1. Kontrollen skjer ved generell formalia- og sannsynskontroll av rekneskap og sluttrapport med fotografi frå tilskotsmottakaren. I spesielle tilfelle er det òg aktuelt med kontroll på staden av Riksantikvaren eller fylkeskommunen for å sjå til at kulturminnet er sikra og sett i stand etter antikvariske retningslinjer.

  2. Talet på fartøy som blir sette i stand ved fartøyvernsentra og talet på lærlingar/faglærde er viktige kriterium for oppfølging. Riksantikvaren kontrollerer vidare revidert årsrekneskap og årsmelding frå fartøyvernsentra.

Underpost 72.5 Kulturlandskap

Mål:

Tilskotsordninga skal medverke til å ta vare på verdifulle kulturlandskap der kulturminne og kulturmiljø utgjer vesentlege element. Tilskotet skal primært nyttast til praktiske forvaltningstiltak for å restaurere, skjøtte og sikre kulturlandskap.

Oppfølging og kontroll:

Oppfølging og kontroll skjer ved at tilskotsmottakarar leverer sluttrapportar, sluttrekneskap og eventuelt framdriftsrapport med budsjett. Det blir kontrollert at dei faglege vilkår for prosjektet er oppfylte. Det blir vidare gjort ein generell formalia- og sannsynskontroll av rapportane og rekneskap. Fagleg oppfølgingsansvar kan leggjast til fylkeskommunen sin kulturetat og Sametinget.

Underpost 72.6 Skjøtsel av automatisk freda kulturminne

Mål:

Midlane blir nytta til å dekkje tilskot til tiltakshavarar i høve til kulturminnelova § 10, og skjøtsel av arkeologiske kulturminne, under dette sikring av bergkunst.

Oppfølging og kontroll:

Oppfølging av tiltaket skjer ved kontroll av om tiltak blir gjennomførte i samsvar med. faglege kriterium for tilskotet. Vidare ved generell formalia- og sannsynskontroll av rekneskap og sluttrapport frå tilskotsmottakaren.

Underpost 72.7 Samisk kulturminnevern

Mål:

Tilskotsordninga skal ivareta dei overordna kulturminnefaglege omsyn i arbeidet med samiske kultur­minne og kulturmiljø.

Oppfølging og kontroll:

Sametinget kontrollerer rapportar, rekneskapar og dei faglege oppfølgingskriteria relatert til arta av tiltak. Riksantikvaren blir løpande orientert om faglege grunngjevingar og disposisjonar, og får skriftlegg rapport frå Sametinget ved slutten av året. Sametinget krev rapport frå tilskotsmottakar når tiltaket er utført. Sametinget sender Riksanti­kvaren tertialrapportar over fram­drift og forbruk i samsvar med etablerte rutinar og praksis.

Underpost 72.8 Tekniske og industrielle kulturminne

Mål:

Målet med tilskotsordninga er todelt:

  1. Sikre og setje i stand eit representativt utval tekniske og industrielle kulturminne.

  2. Medverke til drift av 8 utvalde anlegg slik at desse kan utøve verksemda etter formålet.

MD og KD har i fellesskap valt ut 8 tekniske og industrielle kulturminne for spesiell oppfølging for å konsolidere drifta. Tilskot til istandsetjing og vedlikehald av dei 8 anlegga blir gitt over denne posten, medan tilskot til museumsdrift blir dekt over kap. 328, post 60 Tilskotsordning for museum på KD sitt budsjett. Desse midlane blir fordelte av fylkeskommunane. Det kan vere aktuelt å vurdere andre særlege viktige anlegg i forhold til tilskotsordninga i løpet av 2002, til dømes Kistefos-museet.

Oppfølging og kontroll:

  1. Oppfølging og kontroll skjer gjennom kontroll av om kulturminnet er sikra og sett i stand etter antikvariske retningslinjer. Vidare gjennom generell formalia- og sannsynskontroll av rekneskap og sluttrapport med fotografi frå tilskotsmottakaren. I spesielle tilfelle er det òg aktuelt med kontroll på staden av Riksantikvaren eller fylkeskommunen.

  2. Oppfølging og kontroll skjer gjennom kontroll av om drifta ved anlegget blir utøvd etter formålet. Riksantikvaren kontrollerer vidare revidert årsrekneskap og årsmelding og rapportar/uttaler frå fylkeskommunane.

Underpost 72.9 World Heritage List, nasjonale tiltak

Mål:

Tilskotsordninga skal sikre og setje i stand World Heritage-område i tråd med dei internasjonale retningslinjene frå UNESCO.

Det blir arbeidd med å få etablert Det nordiske verdsarvkontoret (NWHO) som ei stifting. Det er sett av kr 100 000 til å dekkje grunnkapitalen ved ei eventuell etablering av stiftinga i 2002.

Oppfølging og kontroll:

Oppfølging skjer gjenom møte og fagsamlingar som blir gjennomførte i samsvar med avtalt arbeidsprogram. Kontrollen skjer ved generell formalia- og sannsynskontroll av rekne­skap og sluttrapport frå tilskotsmottakaren. Fysisk kontroll frå Riksantikvaren kan òg vere aktuelt for kontroll av at konkrete restaureringstiltak blir gjennomførte på fagleg aksept­abelt nivå.

Post 73 Brannsikring og beredskapstiltak, kan overførast, kan nyttast under kap. 1429 post 21

Mål:

Målet med tilskotsordninga er å sikre utvalde kulturminne og kulturmiljø mot plutseleg øydelegging.

Midlane under posten blir nytta til tilskot til etablering av sikring eller drift av sikringsanlegg i utvalde kulturminne og kulturmiljø. Drift, vedlikehald og oppgradering av sikringsanlegg ved stavkyrkjene og tilskot til prosjekt som har relevans for brann­sikring av andre verdifulle kulturminne og kulturmiljø er særleg prioritert. Målgruppa er eigarar og forvaltarar av freda og verneverdige kulturminne og kulturmiljø.

Oppfølging og kontroll:

Oppfølging og kontroll skjer gjennom generell formalia- og sannsynskontroll av rekneskap og sluttrapport frå tilskotsmottakar. Fysisk kontroll frå Riksantikvaren kan òg vere aktuelt, under dette kontroll av om sikringstiltak, sikringsarbeid eller drift av sikringstiltak er gjennom­førde på eit fagleg akseptabelt nivå.

Post 75 Internasjonalt samarbeid, kan overførast

Tilskotsordninga rettar seg mot resultatområde 8 Internasjonalt miljøvernsamarbeid og miljøvern i polarområda.

Mål:

Målet med tilskotsordninga er todelt:

  1. Få internasjonalt samarbeid på feltet kulturminnevern styrt i ei retning som fell saman med norske politiske og fagpolitiske interesser, markere Noreg som viktig medspelar til nøkkelorganisasjonar innan Riksantikvaren sitt fagfelt, og markere Noreg som eit land med særleg kompetanse på vern av kulturminne i tre.

  2. Sikre drifta av den norske delen av ICOMOS, fagfeltet sine fremste NGO, og eventuelle internasjonale spesialkomitear som Noreg tek eit ansvar for.

Riksantikvaren ivaretek norsk representasjon i ulike internasjonale organisasjonar og er engasjert i fleire prosjekt. Posten dekkjer tilskot, medlemsavgifter, utgifter knytte til samarbeidsavtaler og utgreiingsarbeid, under dette det norsk-russiske miljøvernsamarbeidet under den bilaterale miljøvernavtala. Tilskot til det internasjonale trekurset blir òg dekt her. Kurs er planlagt halde i 2002. Riksantikvaren støttar eit sekretariat for spesialkomiteen for polare kulturminne i ICOMOS i den perioden Noreg har formannskapet.

Oppfølging og kontroll:

  1. Kontroll og oppfølging av om konkrete restaureringstiltak blir gjennomførde på fagleg akseptabelt nivå. Vidare gjennom kontroll av rapport frå tilskotsmottakaren om bruken av tilskotet eller at Riksantikvaren utøver eige tilsyn. Møte og fagsamlingar blir gjennomførde i samsvar med avtalt arbeidsprogram når det er praktisk mogleg.

  2. Organisasjonen si verksemd blir utøvd etter formålet. Riksantikvaren kontrollerer revidert årsrekneskap og årsmelding for organisasjonen si verksemd.

Kap. 4429 Riksantikvaren (jf. kap. 1429)

 

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2000

Saldert budsjett 2001

Forslag 2002

02

Refusjonar og diverse inntekter

3 218

2 722

1 804

09

Internasjonale oppdrag

1 315

2 014

2 074

16

Refusjon av fødsel- og adopsjonspenger

314

17

Refusjon av lærlinger

32

Sum kap 4429

4 879

4 736

3 878

Post 02 Refusjonar og diverse inntekter

Posten gjeld refusjonar og innbetalte midlar frå oppdragsverksemd for andre institusjonar m. v., jf. omtale under kap. 1429 post 01. Under posten er òg budsjettert inntekter ved sal av Riksantikvaren sine rapportar og andre produkt. I budsjettet for 2002 er posten føreslått noko redusert som følgje av at nokre oppdrag er avslutta, og nedgang i talet på oppdrag. Ved eventuelle mindreinntekter i forhold til budsjett, skal utgiftene under kap. 1429 post 01 reduserast tilsvarande.

Post 09 Internasjonale oppdrag

Midlane på posten skal finansiere dei tilsvarande utgiftene til verksemd tilknytt kompetanse­nett­verket i samband med miljøretta arbeid, jf. omtale under kap. 1429 post 01. Ved eventuelle mindreinntekter i forhold til budsjett skal dei tilsvarande utgiftene under kap. 1429 post 01 reduserast tilsvarande.

Programkategori 12.40 Forureining

Utgifter under programkategori 12.40 fordelte på kapittel

 

(i 1 000 kr)

Kap.

Nemning

Rekneskap 2000

Saldert budsjett 2001

Forslag 2002

Pst. endr. 01/02

1441

Statens forureiningstilsyn (jf. kap. 4441)

554 714

642 370

609 106

-5,2

1442

Miljødata, forureining og miljøeffektivitet

50 908

70 410

-100,0

1443

Statens beredskapsansvar mot akutt forureining

95 949

41 933

57 218

36,5

1444

Produktregisteret

12 213

2422

Statens miljøfond

59 786

62 000

46 000

-25,8

Sum kategori 12.40

761 356

816 713

724 537

-11,3

Denne programkategorien omfattar den tidlegare programkategori 12.30 med unntak av kap.1442 som er flytta til kap.1400. I tillegg er det gjort ei administrativ endring ved at Produktregisteret er flytta frå Arbeids- og administrasjonsdepartementet til Miljøverndepartementet til nytt kap.1444.

Kap. 1441 Statens forureiningstilsyn (jf. kap. 4441)

 

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2000

Saldert budsjett 2001

Forslag 2002

01

Driftsutgifter

187 058

193 262

193 368

39

Oppryddingstiltak , kan overførast

13 854

22 400

33 880

63

Tilskot til kommunale avløpstiltak , kan overførast

79 611

129 613

70 820

64

Aksjon Jærvassdrag

1 638

3 500

65

Tilskot til heilskapleg vassforvaltning , kan overførast

2 000

73

Tilskot til biloppsamlingssystemet

82 371

91 443

97 786

75

Utbetaling av pant for bilvrak , overslagsløyving

149 491

136 152

151 252

76

Refusjonsordningar

40 692

66 000

50 000

77

Tilskot til innsamling av isolerglassruter som inneheld PCB , kan overførast

10 000

Sum kap 1441

554 714

642 370

609 106

Statens forureiningstilsyn sitt ansvar er å delta og medverke sentralt i arbeidet med å skape ei berekraftig utvikling. Statens forureiningstilsyn skal arbeide for ein forsvarleg miljøkvalitet. Forureining, produkt og avfall skal ikkje føre til helseskade, gå utover trivselen eller skade naturen si evne til produksjon og sjølvfornying.

Statens forureiningstilsyn sine roller for å nå måla er:

  • overvake og informere om miljøutviklinga

  • utøve mynde for å halde oppe og betre miljøet gjennom reguleringar, kontrolltiltak og prosessar som kan understøtte miljøarbeidet regionalt og lokalt

  • Gjere tydeleg dei ulike samfunnssektorane sitt ansvar for å oppfylle miljøvernpolitiske mål

  • utgreie og gi råd overfor Miljøverndepartementet

  • styre fylkesmennene sine miljøvernavdelingar innan Statens forureiningstilsyn sitt ansvars­område

  • delta i det internasjonale miljøvernsamarbeidet og hjelpearbeidet

  • ha beredskap og aksjonere overfor akutt forureining

Post 01 Driftsutgifter

Posten dekkjer lønn til faste og mellombels tilsette og driftsutgifter for Statens forureiningstilsyn. Posten dekkjer vidare midlar knytte til forsking, utgreiingar, informasjon, internasjonalt arbeid og formidling relatert til:

  • arbeidet innan overgjødsling og oljeforureining

  • arbeidet innan helse- og miljøfarlege kjemikaliar

  • arbeidet innan avfall og gjenvinning

  • arbeidet innan klimaendringar, luftforureining og støy

  • bistandsarbeidet i samsvar med avtalen til NORAD

  • miljøtilstanden i Noreg

Mindreinntekter under kap. 4441 postane 04 og 09 medfører tilsvarande mindreutgifter under posten. På den andre sida kan posten overskridast mot tilsvarande meirinntekter under dei nemnde postane, jf. forslag til vedtak II nr. 1.

Post 39 Oppryddingstiltak, kan overførast

Posten er knytt til resultatområda 4 Overgjødsling og oljeforureining, 5 Helse- og miljøfarlege kjemikaliar og 6 Avfall og gjenvinning.

Posten blir nytta til å dekkje utgifter til undersøkingar og gjennomføring av oppryddingstiltak i gamle avfallsdeponi, forureina grunn og forureina sediment og for å hindre forureining frå skipsvrak. Posten blir føreslått styrkt med 10 mill. kr for å kunne forsere arbeidet med oppryddingstiltak og tiltaksretta undersøkingar i område med forureina sediment.

Målet for tiltaka er å hindre at forureina grunn, vatten og sediment som skriv seg frå verksemd i tidlegare tider, feildisponering av avfall o.l., eller utslepp frå skipsvrak, skal medføre fare for alvorleg forureining, eller anna alvorleg miljøulempe, jf. resultatområde 4 Overgjødsling og oljeforureining, og resultatområde 5 Helse- og miljøfarlege kjemikaliar. Utgiftene til opprydding skal i prinsippet dekkjast av den eller dei som etter forureiningslova er ansvarlege for å motverke eller rydde opp i forureining. Ansvar kan gjerast gjeldande for private, kommunar eller ein statleg sektor. Dersom ein ansvarleg ikkje kan identifiserast, ikkje er betalingsdyktig og heller ikkje blir vurdert skikka til å stå for ei god nok opprydding, eller dersom staten ved miljøvernforvaltninga etter forureiningslova er den ansvarlege, blir utgiftene til undersøkingar og nødvendig opprydding dekt av miljøvernforvaltninga sine midlar. Miljøvernforvaltninga kan òg forskottere undersøkingar og/eller delfinansiere oppryddingsprosjekt i tilfelle der ei delfinansiering er nødvendig for å utløyse oppryddingstiltak. Posten dekkjer òg midlar til tiltak for å hindre miljøulempe, i første rekkje forureining frå skipsvrak, og midlar brukt til dette vil variere frå år til år ut frå behov.

Post 63 Tilskot til kommunale avløpstiltak, kan overførast

Tilskotsordninga har vore knytt til styresmaktenes sitt pålegg om reinsing av avløp som eit ledd i arbeidet for å nå måla under resultatområde 4 Overgjødsling og oljeforureining. Det vil ikkje bli gitt nye tilsegner under ordninga i 2002, men løyvinga blir halden oppe slik at staten får utbetalt tidlegare gitte tilsegner. Utbetalingane vil skje etter kvart som prosjekta i kommunane som er gitt tilsegner blir ferdigstilte. Løyvinga er konsekvensjustert ned med 58 mill. kr i forhold til 2001, som er i tråd med utbetalingsprofilen på dei enkelte prosjekta. Dei investeringane det er gitt tilskot til, blir restfinansierte gjennom kommunal eigeninnsats og avløpsgebyr.

Oppfølging og kontroll

Kommunen skal levere ein sluttrapport saman med revisorstadfest rekneskap til fylkes­mannen når prosjektet er ferdigstilt. Elles rapporterer alle kommunar årleg til fylkes­mannen når det gjeld utsleppsdata og kostnader. Med utgangspunkt i dei årlege rapportane frå kommunane utarbeider Statistisk sentralbyrå statistikk over utsleppsdata og kostnader per abonnent.

Oppfølgingskriteria er kapasitet og belastning på reinseanlegga, vassmengder og analyseverdiar til ein forureiningsrekneskap, slammengd og disponering av slam. Fosfor er valt som parameter i forureiningsrekneskap for avløpssektoren.

Post 64 Aksjon Jærvassdrag, kan overførast

Føremålet med post 64, Aksjon Jærvassdrag, har vore å medverke til betre miljøkvalitet i og ved jærvassdraga. Regjeringa ønskjer ikkje å prioritere enkeltprosjekt ved hjelp av øyremerka tilskotspostar, og føreslår derfor at tilskotsordninga ikkje blir ført vidare i den form den no har, jf. også post 65.

Post 65 Tilskot til heilskapleg vassforvaltning, kan overførast

Posten er knytt til resultatområda 1 Berekraftig bruk og vern av biologisk mangfald, 2 Friluftsliv, 4 Overgjødsling og oljeforureining og 5 Helse- og miljøfarlege kjemikaliar.

Tilskotsposten er ei generell og landsomfattande ordning for å betre vassmiljøet i Noreg, der ei heilskapleg tilnærming til vassdragsforvaltninga blir lagt vekt på. Det nye rammedirektivet for vassforvaltning, som trådde i kraft 22. desember 2000, gir styresmaktene det nødvendige rammeverket for ei meir heilskapleg forvaltning og betre måloppnåing innan forvaltninga av norske vassdrag og kystnære område. Målgruppa for tilskotsposten er kommunar som arbeider med prosjekt knytte til rammedirektivet for vassforvaltning. Prosjekt med ei tilsvarande heilskapleg tilnærming til vassforvaltninga kan òg i særlege tilfelle bli omfatta av tilskotsordninga.

Ved fordeling av tilskot vil midlane i 2002 hovudsakleg gå til Morsaprosjektet som er knytta til innføring av rammedirektivet for vassforvaltning. Dette omfattar m.a. utpeiking av ansvarleg styresmakt i nedbørfeltdistrikta, fastsetjing av miljømål, utarbeiding av forvaltningsplanar og forslag til tiltak. Prosjekta må kunne setjast i gang i 2002.

Tilskotsordninga er administrert av Statens forureiningstilsyn i samarbeid med fylkeskommunen i dei aktuelle områda. Søknader om tilskot blir fremja av kommunen, eller eventuelt av fleire kommunar i samarbeid.

Oppfølging og kontroll

Kommunen skal gi ein sluttrapport saman med revisorstadfest rekneskap til Statens forureiningstilsyn eller den aktuelle fylkeskommune når prosjektet er ferdigstilt. Det blir gjennomført ein generell formalia- og sannsynskontroll av kommunane sine rapportar. I tillegg blir enkelte ferdigstilte prosjekt inspiserte.

Post 73 Tilskot til biloppsamlingssystemet

Tilskotsordninga rettar seg mot resultatområde 6 Avfall og gjenvinning. og resultatområde 5 Helse- og miljøfarlege kjemikaliar.

Mål:

Tilskotsordninga er ein del av oppsamlingssystemet for bilvrak og beltemotorsyklar. Målet med oppsamlingssystemet er å sikre forsvarleg og miljøvennleg innsamling og behandling av bilvrak frå heile landet.

Ordninga skal vere sjølvfinansierande, dvs. at inntekter og utgifter skal balansere over tid. Inntektene kjem frå vrakpantavgifta på førstegongsregistrerte køyretøy, jf. St.prp. nr. 1 (2001-2002) Skatte-, avgifts- og tollvedtak, og frå inntekter ved sal av stålet i vraka. Vrakpantavgifta blir fastsett på bakgrunn av prognosar for forventa nybilsal og talet på pantevrak, jf. kap. 1441 post 75. Det blir gitt driftsstøtte på 366 kr per motteke vrak til godkjende oppsamlingsplassar for å sikre gjennomføring av dei miljøvernoperasjonane dei er pålagde å utføre i samband med mottak av vrak.

  • Det blir gitt transportstøtte til presse- og transportoperatørane til dekning av kostnadene for pressing og frakt av vraka frå oppsamlings­plassane til behandlingsanlegga. Transportstøtta skal sikre at ingen delar av landet fell utanom oppsamlings­ordninga på grunn av høge transportutgifter. Storleiken på tilskotet er m.a. avhengig av kva som kan oppnåast ved sal av bilvraka til fragmenteringsverka, jf. kap. 4441 post 08. Tilskotet inneber ei plikt for tilskotsmottakaren til å samle inn vrak frå dei godkjende oppsamlingsplassane.

  • Posten dekkjer òg utgifter til ulike utgreiingar og tiltak som miljøvernstyresmaktene treng for å administrere ordninga.

Den delen av det eksisterande avgiftssystemet som gjeld utbetaling av pant til bileigar vil bli ført vidare inntil vidare. Det blir vist til omtale under resultatområde 6 når det gjeld EU direktiv om utrangerte køyretøy (2000/53/EU).

Oppfølging og kontroll

Driftstilskotet blir utbetalt av Oslo distriktstollstad etter mottak av ei vrakpantkvittering for at bilvraket er motteke for behandling.

Post 75 Utbetaling av pant for bilvrak, overslagsløyving

Tilskotsordninga rettar seg mot resultatområde 6 Avfall og gjenvinning

Mål:

Tilskotsordninga er ein del av oppsamlingssystemet for bilvrak og beltemotorsyklar. Målet med denne tilskotsordninga er å stimulere bileigar til å levere utrangerte bilar til godkjent biloppsamlingsplass slik at bilvraket kan takast hand om på ein forsvarleg måte og gjenvinnast.

Posten dekkjer utbetaling av vrakpant, og kostnader ved overføring av vrakpanten til bileigaren. Vrakpanten blir føreslått halden uendra på kr 1 500 per bilvrak i 2002. Det er venta at ca. 100 000 bilar blir vraka i 2002.

Oppfølging og kontroll:

Vrakpanten blir utbetalt av Oslo distriktstollstad mot kvittering for at bilvraket er levert til godkjent biloppsamlingsplass for behandling. For å sikre at bilvraket har rett til vrakpant, blir kvitteringa kontrollert mot det sentrale motorvognregisteret. Kontrollen skjer elles ved kontroll av oppsamlings­plassane sine lager og rekneskap med bilag.

Post 76 Refusjonsordningar

Tilskotsordningane under denne posten rettar seg mot resultatområde 5 Helse- og miljøfarlege kjemikaliar og resultatområde 6 Avfall og gjenvinning.

Refusjon av smørjeoljeavgifta

Mål:

Målet med ordninga er å stimulere til auka innlevering av spillolje til godkjent behandling.

Spillolje er brukt smørjeolje, og er klassifisert som spesialavfall. Smørjeolje er, med unntak av enkelte bruksmåtar, ilagt smørjeoljeavgift, jf. St.prp. nr. 1 (2001-2002) Skatte-, avgifts- og tollvedtak, kap. 5542 post 71. Refusjonsordninga vart innført i 1994. Ordninga har medverka til å auke innsamlinga av spillolje frå 50-60 % før 1993 til ca. 75 % i 1998. For å sikre ei høgare innsamlingsgrad vart det i 1999 bestemt at det frå og med år 2000 skulle utbetalast refusjon med lik sats for all spillolje som blir samla inn, uavhengig av om den kjem frå avgiftspliktig eller avgiftsfri smørjeolje. Eit unntak er spillolje som stammar frå større skip (større enn 250 fot) i internasjonal sjøfart. Det vart rekna med at endringa i utbetalingsgrunnlaget ville føre til at meir spillolje vart samla inn. Tala for 2000 viser likevel ein svak nedgang i totalmengda. Mengda av olje med rett til refusjon auka i 2000, men den vart motverka av ein endå større nedgang i mengda av olje som ikkje hadde krav på refusjon. Dersom ein derimot også inkluderer ei bestemt gruppe olje (oljehaldig vatn) i totalrekneskapen over innsamling av spillolje, har det vore ein auke i innsamla mengd frå 1999 til 2000. Refusjonssatsen og smørjeoljeavgifta vil bli prisjustert for 2002, jf. St.prp. nr. 1 (2001-2002) Skatte-, avgifts- og tollvedtak, kap. 5542, post 71.

Posten dekkjer òg utgifter til informasjon og administrasjon av ordninga.

Oppfølging og kontroll

Oppfølginga blir ivareteken gjennom statistikk over årleg innsamla spillolje. Refusjonen blir utbetalt til større mottaksanlegg (tankanlegg) med førehandstilsegn frå Statens forureiningstilsyn. I tilsegna er det fastsett ein del vilkår som refusjonsmottakar er forplikta til å følgje. Krav om utbetaling blir kontrollerte i forhold til førehandstilsegna.

Refusjon av avgift på Trikloreten (TRI)

Mål:

Målet med ordninga er å hindre utslepp til miljøet av TRI frå TRI-haldig avfall, og er eit verkemiddel som skal medverke til at avgiftssystemet verkar optimalt.

Trikloreten (TRI) er ei miljøgift. Bruk og utslepp skal reduserast vesentleg. TRI, som er eit løysemiddel som først og fremst blir brukt til avfeitting i industrien, vart frå 01.01.2000 ilagt avgift, jf. St.prp. nr. 1 (1999-2000) Skatte-, avgifts- og tollvedtak. Refusjonsordning for innbetalt TRI-avgift vart innført samtidig.

TRI-haldig avfall kan leverast til godkjent mottak for spesialavfall eller godkjent gjenvinningsbedrift, og ein vil motta delvis refusjon av den innbetalte avgifta for den mengd TRI som finst i avfallet. For å redusere kostnadene ved refusjonssystemet og for å stimulere til raskare utfasing av bruken av TRI vart refusjonssatsen sett til 25 kr/kg, mens avgiftssatsen er 51,4 kr/kg. Ein refusjonssats på dette nivået gir tilstrekkeleg stimulans til å oppnå ein høg grad av avfallsinnsamling.

Posten dekkjer utbetaling av refusjon og utgifter til informasjon og administrasjon av ordninga. I 2000 vart det utbetalt eit svært lite refusjonsbeløp, og òg for 2001 synest det å bli relativt små utbetalingar. Utgreiingar for å avklare årsakene til dei avgrensa utbetalingane blir gjennomført i 2001. Omfanget av refusjonsutbetalingane er utrekna til 2,0 mill. kr i år 2002. Utbetalingane vil bli reduserte i åra framover i takt med at forbruket av TRI blir redusert som resultat av avgifta.

Oppfølging og kontroll:

Oppfølginga blir ivareteken gjennom statistikk over årleg innsamla mengde TRI. Spesialavfallsmottaket og gjenvinningsverksemda skal vere godkjent av Statens forureiningstilsyn.

Post 77 Tilskot til innsamling av isolerglasruter som inneheld PCB, kan overførast

Regjeringa vil opprette ein ny førebels (to-årig) tilskotspost for å stimulere til innsamling av isolerglasruter som inneheld PCB. Posten er føreslått til 10 mill. kr for 2002. Det vil bli vurdert nærare kva som er den mest føremålstenlege innretninga av tilskotsposten. Den aktuelle bransjen vil bli teken med på råd og det blir lagt opp til å inngå ei avtale mellom Miljøverndepartementet og bransjen som forpliktar bransjen til å ansvar for den ulovlege handteringa som no går føre seg.

Isolerglasruter som inneheld PCB er spesialavfall som er underlagt eige regelverk for handtering. Likevel er det er berre ein svært liten del av desse rutene som no blir skifta ut som blir sende til lovleg og forsvarleg handtering.

Dette vil bli fastsett eit eige regelverk for posten i tråd med Økonomireglementet for staten.

Kap. 4441 Statens forureiningstilsyn (jf. kap. 1441)

 

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2000

Saldert budsjett 2001

Forslag 2002

01

Refusjon av kontrollutgifter

5 743

6 343

6 533

02

Inntekter, SFTs beredskaps- og kontrollavdeling i Horten

2 112

2 081

2 143

04

Gebyr

14 782

13 259

12 559

05

Leieinntekter

2 763

1 279

825

08

Inntekter frå sal av bilvrak

27 902

28 589

29 447

09

Internasjonale oppdrag

9 348

6 120

4 184

16

Refusjon av fødsel- og adopsjonspenger

1 887

17

Refusjon av lærlinger

30

Sum kap 4441

64 568

57 671

55 691

Post 01 Refusjon av kontrollutgifter

I medhald av konsesjonsvilkår fastsette ved kgl. res. av 31. mai 1974 skal dei selskap som står for drifta av dei petrokjemiske anlegga i Bamble vere med å finansiere kontroll- og luftovervakingsordninga i Grenlandområdet etter nærare vedtekter frå miljøvernstyresmaktene. Kontrollordninga er i første rekkje eit resultat av Hydro Pors­grunn sitt eksisterande anlegg på Herøya og den petrokjemiske industrien i Bamble. Følgjande bedrifter inngår i kontrollordninga og deltek i finansieringa: Hydro Porsgrunn Industri­park, Hydro Polymers, Borealis, Noretyl, Norcem Brevik, Eramet Norway-Porsgrunn, Norske Skog Union og NOAH, Brevik.

Post 02 Inntekter, SFT´s beredskaps- og kontrollavdeling i Horten

Inntektene gjeld kurs for beredskapspersonell, utleige av oljevernutstyr, utleige av testanlegg, og utprøving av oljevernutstyr. Inntektene dekkjer m.a. utgifter til drift, vedlikehald m.v. av testanlegg. Dei korresponderande utgiftene er førte under kap. 1443 post 01.

Post 04 Gebyr

I samsvar med prinsippet om at forureinaren skal betale, er det innført gebyr på forureinande verksemd. Posten omfattar gebyrinntekter frå konsesjonsbehandling og kontroll .

Vidare omfattar posten gebyrinntekter frå tilsyn og kontroll med kjemiske stoff og produkt.

Inntekter fastsette i forskrift om førehandsmeldingar av nye kjemiske stoff, jf. resultatområde 5 Helse- og miljøfarlege kjemikaliar, blir òg førte under denne posten.

Posten omfattar òg gebyrinntekter i samband med. ny forskrift om plikt til å betale gebyr til SFT ved levering og deklarering av spesialavfall.

Kap. 1441 post 01 kan overskridast mot tilsvarande meirinntekter under denne posten, jf. forslag til vedtak II nr. 1.

Post 05 Leieinntekter

Inntektene omfattar Statens forureiningstilsyn sine leigeinntekter i samband med utleige av nokre kontorlokale og utleige av konferansesenteret.

Post 08 Inntekter frå sal av bilvrak

Løyvinga på 27,0 mill. kr er rekna ut under føresetnad av levering av 100 000 bilvrak til fragmentering, jf. utgifter kap. 1441, post 73.

Post 09 Internasjonale oppdrag

Inntektene er knytte til oppdrag i samband med Statens forureiningstilsyn sitt samarbeid med NORAD m.a. gjennomgang og evaluering av miljøprosjekt og institusjonsbygging i samarbeidsland. Dette samarbeidet vil bli vidareutvikla og trappa opp, jf. kap. 1441, post 01. Eventuelle mindreinntekter under posten vil medføre tilsvarande mindreutgifter under kap. 1441, post 01.På den andre sida kan kap. 1441 post 01 også overskridast mot tilsvarande meirinntekter under denne posten, jf. forslag til vedtak II nr. 1

Kap. 1443 Statens beredskapsansvar mot akutt forureining

 

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2000

Saldert budsjett 2001

Forslag 2002

01

Driftsutgifter

83 127

30 877

37 430

21

Spesielle driftsutgifter

3 965

3 313

3 595

45

Større utstyrsinnkjøp og vedlikehald , kan overførast

8 856

7 743

16 193

Sum kap 1443

95 949

41 933

57 218

Post 01 Driftsutgifter

Posten dekkjer driftsutgifter til den statlege beredskapen mot akutt forureining, jf. resultatområde 4 Overgjødsling og oljeforureining og resultatområde 5 Helse- og miljøfarlege kjemikaliar. I tillegg til lønns- og reiseutgifter i tilknyting til beredskapen skal posten dekkje leige- og vedlikehaldsutgifter for depota, øvingar og beredskapsavtaler, og vedlikehald av beredskapsutstyr. Posten er auka med 6,5 mill. kr i samband med styrking av oljevernberedskapen (jf. omtale kap. 6). Kurs og øvingar i nordområda vil bli prioriterte jf. inntekter på kap. 1441 post 02.

Post 21 Spesielle driftsutgifter

Posten dekkjer utgifter til aksjonar mot akutt forureining, jf. resultat­område 4 Overgjødsling og oljeforureining og resultatområde 5 Helse- og miljøfarlege kjemikaliar. I tilfelle av akutt forureining kan det raskt bli behov for midlar til aksjonar som staten set i gang, eller for garantiar til kommunar som set i gang aksjonar med vesentlege utgifter, og som sjølve ikkje er i stand til å dekkje utgiftene før erstatningsbeløpet er innbetalt. Kongen har fullmakt til å samtykkje i å utgiftsføre naudsynte midlar ut over løyvinga så sant tiltak må setjast i verk utan opphald og ikkje kan leggjast fram for Stortinget på førehand. Regjeringa gjer framlegg om at Miljøverndepartementet kan utgiftsføre inntil 15 mill. kr ut over løyvinga dersom det er naudsynt å iverksetje tiltak utan opphald og før Kongen kan gi slikt samtykke, jf. forslag til vedtak III nr.2 .

Aksjonar mot akutt forureining omfattar òg tiltak for å hindre akutt forureining av sjøen frå skip eller flyttbare innretningar. Desse tiltaka omfattar m.a. bruk av taubåt, naudlossing, naudreparasjonar eller flytting av skip eller innretning når det er uklart om ansvarleg har forsikring eller andre føresetnader for å betale kostnadene i samband med tiltaket. Ved oljesøl frå skip vil det i ein del tilfelle vere uklart kven som er ansvarleg for sølet, eller det oppstår tvist om ansvaret for å betale utgiftene til oppreinsking. For at ikkje dei lokale styresmaktene skal bli sitjande igjen med det økonomiske tapet som skuldast forureining som rammar tilfeldig, løyver staten midlar eller står for aksjonane sjølv. Refusjonar blir så vidt mogleg innkravde frå skadevaldarane. I slike saker tek det ofte lang tid før det offentlege får refundert utgiftene frå skadevaldar.

I spesielle tilfelle kan posten brukast til å dekkje utgifter offentlege styresmakter har til å fjerne spesielle typar avfall, f.eks. olje- og kjemikaliesanering, massedød av sild i steng, aksjonar i samband med algeoppblomstring, i landdriven sel- og kvalkadaver, eigarlaust spesialavfall eller spesialavfall frå konkursbu.

Post 45 Større utstyrsinnkjøp og vedlikehald, kan overførast

Posten dekkjer utgifter i samband med arbeidet mot akutt forureining, jf. resultatområde 4 Overgjødsling og oljeforureining og resultatområde 5 Helse- og miljøfarlege kjemikaliar. Hovudtypane av utgifter er innkjøp av nytt og erstatning av beredskapsmateriell, under dette utvikling av nytt materiell, avtaler om beredskap og test, utprøving og eventuell opplæring for slikt utstyr. Løyvinga er føreslått auka med 8,5 mill. kr til innkjøp av nytt utstyr og utskifting av eksisterande utstyr.

Kap. 1444 Produktregisteret

 

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2000

Saldert budsjett 2001

Forslag 2002

01

Driftsutgifter

12 213

Sum kap 1444

12 213

Regjeringa føreslår å overføre det administrative ansvaret for Produktregisteret frå Arbeids- og administrasjonsdepartementet til Miljøverndepartementet. Det blir derfor føreslått at kap. 1576 Produktregisteret (jf. kap. 4576) blir overført til nyoppretta kap. 1444 Produktregisteret (jf. kap. 4444). Grunngjevinga er at miljøvernstyresmaktene i stor grad har ei koordinerande rolle på kjemikalieområdet, at SFT er den største brukaren av registeret og at miljøvernstyresmaktene er forbrukarstyresmakt på kjemikalieområdet. Forslaget er i tråd med tilråding frå Statskonsult som i 2000 gjennomførte ei evaluering av Produktregisteret.

Produktregisteret si rolle og oppgåver

Produktregisteret er oppretta for å rasjonalisere innsamling av kjemikalieinformasjon til bruk innan HMS-arbeid og er staten sitt sentrale register på dette området. Produktregisteret er i første rekkje eit serviceorgan for Arbeidstilsynet, Oljedirektoratet, Giftinformasjonssentralen, Statens forureiningstilsyn, Statens institutt for folkehelse, Statens arbeidsmiljøinstitutt og Direktoratet for brann- og eksplosjonsvern. Produktregisteret kan dessutan medverke med open informasjon til andre som har oppgåver innan HMS-sektoren. Miljøverndepartementet vil i samarbeid med Sosial- og helsedepartementet og Arbeids- og administrasjonsdepartementet i 2002 gjennomføre eit fornyingsprosjekt med mål å komme fram til tiltak som medverkar til ei vidareutvikling av registeret slik at det i størst mogleg grad kan ivareta styresmaktene sitt behov for korrekte data om bruk av helse- og miljøfarlege kjemikaliar og importørane sitt behov for ein effektiv innrapportering av opplysningar, og medverke til informasjon til allmenta om bruk av farlege kjemikaliar .

Produktregisteret har følgjande mål :

Samle inn, systematisere og arkivere opplysningar om kjemikaliar, og tilretteleggje opplysningar ut frå registrerte data, slik at definerte brukarar får tilgang til riktig informasjon. Omarbeide graderte data til ugradert informasjon for å gjere opplysningane meir allment tilgjengelege.

Post 01 Driftsutgifter

Posten dekkjer lønn til faste og mellombels tilsette og driftsutgifter (under dette utgreiing, informasjon m.m.)for Produktregisteret.

Kap. 2422 Statens miljøfond

 

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2000

Saldert budsjett 2001

Forslag 2002

70

Statens miljøfond, rentestøtte

1 000

1 000

90

Statens miljøfond, lån , kan overførast

59 786

61 000

45 000

Sum kap 2422

59 786

62 000

46 000

Statens miljøfond vart etablert i 1998 som ei låneordning med formål å sikre finansiering av prosjekt som medverkar til å redusere utslepp av klimagassar og andre miljøskadelege utslepp, jf. resultatområda 4 Overgjødsling og oljeforureining, 5 Helse- og miljøfarlege kjemikaliar, 6 Avfall og gjenvinning og 7 Klimaendringar, luftforureining og støy.

Det er gitt tilsegner for heile den totale utlånsramma på 250 mill. kr og budsjettet for post 90 i 2002 representerer såleis ein prognose for utbetaling av allereie gitte tilsegner. Det er teke sikte på å starte arbeidet med å evaluere ordninga i 2002.

Post 70 Statens miljøfond, rentestøtte

Rentestøtta er venta å utgjere 1,0 mill. kr i 2002. Rentestøtta utgjer differansen mellom tidlegare gitte lån med låg rente og gjennomsnittsrenta på 5-års statsobligasjonar.

Post 90 Statens miljøfond, lån, kan overførast

For 2002 er det venta utbetaling av allereie gitte tilsegner på 45,0 mill. kr.

Kap. 5322 Statens miljøfond, avdrag

 

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2000

Saldert budsjett 2001

Forslag 2002

91

Innbetaling av avdrag

4 830

5 000

10 000

Sum kap 5322

4 830

5 000

10 000

Post 91 Innbetaling av avdrag

Basert på løpande lån og utbetaling av nye lån i 2001/2002, er avdraga utrekna til 10 mill. kr.

Kap. 5621 Statens miljøfond, renteinntekter

 

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2000

Saldert budsjett 2001

Forslag 2002

80

Renteinntekter

1 888

5 000

6 500

Sum kap 5621

1 888

5 000

6 500

Post 80 Renteinntekter

Basert på løpande lån og utbetaling av nye lån i 2001/2002, er renter m.v. utrekna til 6,5 mill. kr. Inntektsposten inkluderer også rentestøtte gitt under kap. 2422, post 70.

Programkategori 12.50 Kart og geodata

Utgifter under programkategori 12.50 fordelte på kapittel

 

(i 1 000 kr)

Kap.

Nemning

Rekneskap 2000

Saldert budsjett 2001

Forslag 2002

Pst. endr. 01/02

1463

Regional og lokal planlegging

66 805

28 852

-100,0

1465

Statens kjøp av tenester i Statens kartverk

320 093

338 030

376 220

11,3

2465

Statens kartverk (jf. kap. 5491 og 5603)

7 653

12 000

9 896

-17,5

Sum kategori 12.50

394 551

378 882

386 116

1,9

Heile kapittel 1463 er flytta til programkategori 12.10. Utgiftene under programkategori 12.50 høyrer inn under resultatområde 10 Kart og geodata. Ein viser til innleiinga i del 2 der det blir gjort greie for budsjettvise endringar i 2002 innanfor resultatområdet. Skredkartlegging og arealdokumentasjon er overført frå resultatområde 9.

Kap. 1463 Regional og lokal planlegging

 

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2000

Saldert budsjett 2001

Forslag 2002

01

Driftsutgifter

27 768

28 852

63

Lokal Agenda 21 og berekraftig by- og tettstadsutvikling , kan overførast

16 174

74

Lokal Agenda 21 , kan overførast

22 863

Sum kap 1463

66 805

28 852

Kapitlet blir føreslått lagt ned i statsbudsjettet 2002. Midlane blir føreslått flytta til kap 1400 Miljøverndepartementet under programkategori 12.10.

Kap. 1465 Statens kjøp av tenester i Statens kartverk

 

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2000

Saldert budsjett 2001

Forslag 2002

21

Betaling for statsoppdraget

320 093

338 030

376 220

Sum kap 1465

320 093

338 030

376 220

Kapitlet dekkjer staten sitt sentrale ansvar for etablering og drift av vår nasjonale infrastruktur for geografisk informasjon, jf. resultatområde 10 Kart og geodata. Løyvinga blir sett på som ei inntekt for Statens kartverk, slik at tilsvarande beløp blir inntektsførte under kap. 2465 Statens kartverk, post 24.1 Driftsinntekter.

Post 21 Betaling for statsoppdraget

Hovudoppgåva for Statens kartverk er å byggje og vedlikehalde ein nasjonal geografisk infrastruktur, og syte for at brukarane får enkel og effektiv tilgang til stad­festa informasjon. Det er ei målsetjing at ny teknologi skal komme alle innbuarane i Noreg til gode. Med den pågåande utbygginga av breiband og nye kommunikasjonskanalar i Noreg vil Kartverket bli ein stadig viktigare leverandør av data for ei rekkje tenester i det norske velferdssamfunnet. Som infrastrukturleverandør må Kartverket liggje i forkant av den fornying som skjer i offentleg sektor. Det krev omstillingar i Kartverket sin organisasjon og omfattande arbeid med tilrettelegging av digitale data tilpassa den akselererande teknologiske utviklinga.

Som staten sitt fagorgan inna kart og stadfesting skal Kartverket ivareta dei for­valt­­nings­­oppgåvene som følgjer med, under dette arbeid med standardar og regelverk og samordning med andre land på området. Kartverket skal dessutan delta i forsking og utvikling av kartteknologi, og samarbeide med norsk industri og kart­bransje, m.a. om eksportretta tiltak. Kartverket skal syte for at den geografiske informasjon etaten forvaltar blir sikra for ettertida.

Statsoppdraget sikrar ei samla finansiering av denne hovuddelen av Kartverket si verksemd og oppgåva som staten si fagstyresmakt på kartområdet. Det blir utarbeidd spesifiserte produksjonsmål og aktivitetar som grunnlag for departementet si styring og kontroll av statsoppdraget.

På enkelte område blir basisproduksjonen forsert ut over det statsoppdraget gir grunnlag for gjennom tilskot frå brukarar eller samarbeid om felles geodataprosjekt. Det er rekna med at slik samfinansiering held seg på omtrent same nivå i 2002 som i 2001. Fleire av Kartverket sine produksjonsmål føreset at budsjetterte samfinansieringsprosjekt kan blir realiserte.

Dei reine driftsutgiftene til Kartverket, så som husleige, administrasjon o.l. blir dekte med ein forholdsvis del over statsoppdraget.

Basisproduksjonen omfattar i hovudsak følgjande oppgåver:

  • Etablering og drift av nasjonalt geodetisk grunnlag

  • Medverknad til etablering av geodetisk grunnlag, og drift og etablering av kartgrunnlag i kommunane

  • Drift og utvikling av nasjonal kontrollteneste for satellittposisjonering

  • Etablering og drift av geografiske primærdatabasar, bl.a. administrative grenser, eigedomskartverk, GAB (Grunneigedoms-, adresse- og bygningsregisteret), sentralt stadnamnregister og vegdatabase

  • Sjøkartlegging

  • Etablering av arealinformasjonssystemet Arealis lokalt (tidlegare innanfor Arealdokumentasjonsprogrammet)

  • Etablering og drift av nasjonale kartseriar, bl.a. hovudkartserien for land og sjø i trykt og digital form

  • Program for kartlegging av rasutsette fareområde

  • Drift av arkiv og databasetenester, under dette sikring av historisk informasjon

  • Norsk bidrag til global geodesi og kartlegging

  • Utarbeiding av standardar og fagleg vegleiing

  • Samordning av geodataverksemda i fylka

  • Forvaltningsoppgåver, bl.a. når det gjeld administrative grenser, eigedomsregistrering og stadnamn

  • Beredskapsoppgåver

  • Drift av miljøreferansedatabasen «REFSYS»

For å kunne gjennomføre føresetnadene til Stortinget om å fullføre sjømålingane i 2006 er det nødvendig å bestille nye sjømålingstenester i 2002 for 100 mill. kr. Det er dermed nødvendig å auke bestillingsfullmakta med 100 mill. kr til 180 mill. kr, jf. forslag til vedtak VI nr. 2 Bestillingsfullmakter. Utbetalinga vil skje i perioden 2002-2006.

Kap. 2465 Statens kartverk (jf. kap. 5491 og 5603)

 

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2000

Saldert budsjett 2001

Forslag 2002

24

Driftsresultat

-4 000

-4 000

-4 000

45

Større utstyrsinnkjøp og vedlikehald , kan overførast

11 653

16 000

13 896

Sum kap 2465

7 653

12 000

9 896

Kartverket vil i åra framover fokusere på si rolle som dataforvaltar, mens datainnsamling og dataformidling i større grad kan setjast bort eller utførast i samarbeid med andre. Tradisjonelle trykte kart blir marknadsførte og selde gjennom forhandlarar, særleg bokhandlarar. Kartverket har til no i det alt vesentlege levert digitale data direkte til brukar. Det blir lagt opp til ei auka formidling av data via forhandlarar. Kartverket vil framleis arbeide med å gjere sine produkt lettare tilgjengelege gjennom betre bestillings- og distribusjonssystem. Det vil bli lagt vekt på å få fram fleire produkt for bruk i enkle og billegare kartsystem.

Sjølv om mange kartbrukarar no ønskjer digital informasjon, vil det framleis vere behov for trykte kart til mange formål. Kartverket utgir òg faste tabellar over tidvatn, omtale av farvatn og andre publikasjonar for sikker sjøfart.

Kartverket har, noko som òg er føresetnaden, ein viss del konkurranseutsett verksemd i form av verdiaukande produksjon, sal og tenesteytande aktivitetar. Det er verken nødvendig eller føremålstenleg at denne verksemda aukar innanfor forretningsområde som private firma kan ivareta på ein betre måte. Kartverket bør avgrense si konkurranseutsette verksemd til det som heng naturleg saman med oppgåvene som forvaltar av den nasjonale geodatainfrastrukturen, og som nasjonalt fagorgan innan geodata, geodesi, kart og matrikkel. Konkurranseutsett verksemd vart skilt ut som eigen divisjon frå 2001 under namnet Statens kartverk Marknad.

Post 24 Driftsresultat

 

(i 1 000 kr)

Underpost

Nemning

Rekneskap 2000

Saldert budsjett 2001

Forslag 2002

24.1

Driftsinntekt

-514 366

-506 030

-561 220

24.2

Driftsutgift , overslagsløyving

501 407

482 088

538 954

24.3

Avskrivning

18 238

16 631

14 746

24.4

Renter av staten sin kapital

3 649

3 311

3 520

24.5

Til reguleringsfondet

-12 928

Sum post 24

-4 000

-4 000

-4 000

Vesentlege delar av Kartverket kan sjåast på som ei produksjonsbedrift. Den interne økonomistyringa i Kartverket er derfor basert på bedriftsøkonomiske rekneskapsprinsipp. Til statsbudsjettet og statsrekneskapen rapporterer Kartverket etter kontantprinsippet. Overslaget for det bedriftsøkonomiske driftsresultatet er nytta som budsjettoverslag for det kontante driftsresultatet. Det kontante driftsresultatet under post 24 Driftsresultat blir derfor budsjettert til same beløp som det bedriftsøkonomiske overskotskravet. Bedriftsøkonomisk resultat var i 2000 eit overskot på 5,5 mill. kr.

Underpost 24.1 Driftsinntekter

Kartverket sine bedriftsøkonomiske driftsinntekter fordeler seg som følgjer:

Samfinansieringa med andre statsetatar og kommunar vil svinge med interessa for felles datainnsamlingsprosjekt og Kartverket sin kapasitet til å gå inn i slike prosjekt.

Kartverket sine standardprodukt er utforma ut frå generelle krav til innhald og dei blir sett på som særleg viktige i samfunnssamanheng.

Salsinntektene vil svinge med den faktiske etterspørselen etter Kartverket sine produkt og tenester. Salsinntektene skal dekkje kostnadene knytte til uttak av basisdata, spesialbehandling, mangfaldiggjering, marknadsføring, lagerhald og distribusjon, og ein forholdsvis del av indirekte kostnader (husleige o.l.). 62 % av Kartverket sitt sal av produkt og tenester går til offentlege brukarar.

Rekneskap 2000 er ført opp i samsvar med Kartverket sin bedriftsøkonomiske rekneskap. Plan 2001 refererer seg til St.prp. nr. 1 (2000-2001).

Tabell 20.5 Kartverket sin basisproduksjon

(i mill. kr)

Basisproduksjon

Rekneskap 2000

Plan 2001

Plan

2002

Betaling for statsoppdraget

320

318

376

Samfinansiering, belastningsfullmakter o.l.

118

96

90

Sum basisproduksjon

438

414

466

Tabell 20.6 Kartverket si sals- og oppdragsverksemd

(i mill. kr)

Sals- og oppdragsverksemd

Rekneskap 2000

Plan 2001

Plan

2002

Formidling av standard kart og geografiske data

48

38

52

Framstilling av spesialseriar av kart og geografiske data og spesialoppdrag av varer og tenester

38

54

43

Sum sals- og oppdragsinntekter

86

92

95

Tabell 20.7 Kartverket sine driftsinntekter

(i mill. kr)

Rekneskap 2000

Plan 2001

Plan

2002

Sum driftsinntekter

524

506

561

Underpost 24.2 Driftsutgifter, overslagsløyving

Posten omfattar utgifter til lønn og andre løpande driftsutgifter, og etablering og oppgradering av Kartverket sine databasar og geografiske infrastruktur elles.

Underpostane 24.3 Avskrivingar og 24.4 Renter av staten sin kapital

Avskrivingar og renter av staten sin kapital er budsjettert ut i frå ein forventa bokført kapital på 62 mill. kr per 31.12.2001.

Underpost 24.5 Til reguleringsfondet

Eit eventuelt avvik mellom budsjettert beløp under post 24 Driftsresultat og det rekneskapsførte beløpet under posten skal regulerast ved overføringar frå/til reguleringsfondet, jf. forslag til vedtak III nr. 1. Ei vesentleg årsak til avvik mellom det faktiske driftsresultatet og det budsjetterte driftsresultatet vil vere terminforskyvingar i dei kontante inn- og utbetalingar. Per 31.12.2000 var reguleringsfondet på nærare 4,2 mill. kr.

Post 45 Større utstyrsinnkjøp og vedlikehald, kan overførast

Posten skal omfatte alle varige investeringar over kr 200 000. Grensa er auka m.a. for å få samsvar med terskelverdiane i reglane for offentlege innkjøp.

Kartverket sitt produksjonsutstyr er it-basert. Produksjonsverksemda omfattar behandling av store datamengder frå oppmåling av sjø og land, edb-basert kartreproduksjon m.v. Kartverket må løpande fornye og forbetre sin utstyrspark for å utnytte effektivitetsgevinstane i ny teknologi i sin produksjon, og møte etterspørselen etter nye produkt. Det budsjetterte investeringsnivået svarer likevel ikkje til meir enn ca. 2,5 % av totalomsetnaden.

Posten blir for 2002 føreslått redusert med 2 mill. kr som del av ein generell reduksjon og med kr 104 000 som del av ei effektivisering av offentlege innkjøp.

Dei fleste ordinære økonomiske nøkkeltala er lite eigna til å karakterisere Kartverket si drift då driftsoverskotet berre skal genererast på basis av den sals- og oppdragsfinansierte delen av drifta. Kartverket skal ikkje rekne overskot på basisproduksjonen.

Tabell 20.8 Kartverket sine økonomiske nøkkeltal

1999

2000

2001Venta

2002 Venta

Totalrentabilitet (bedriftsøkonomisk resultat inkl. finansinntekter, i prosent av gjennom­snittleg total­kapital)

0,9%

7,1%

4,2%

6,7%

Soliditet (gjennomsnittleg egenkapital i prosent av gjennomsnittleg total­kapital)

-19,1%

-20,5%

-18,8%

-18,5%

Resultatgrad for den resultatgenererande delen av verksemda (bedrifts­økonomisk resultat inkl. forholdsvis del av finans­kostnader, i prosent av resultat­genererande driftsinntekter)

0,4%

9,9%

5,7%

9,4%

Tabell 20.9 Kartverket sin kapitalbalanse.

(i mill. kr)

Rekneskap 31.12.99

Rekneskap 31.12.00

Venta 31.12.01

Venta 31.12.02

Eigendelar

Anleggsmidlar

Driftsmidlar, eiendommer

63,4

56,8

61,6

60,8

Aksjar, andelar

0,0

0,0

0,0

0,0

Utlån og obligasjonar

0,0

0,0

0,0

0,0

Sum anleggsmidlar

63,4

56,8

61,6

60,8

Omøpsmidlar1):

Varebehaldning, varer i arbeid

18,8

14,0

14,0

14,0

Kortsiktige fordringar

38,8

66,9

66,9

66,9

Kortsiktige plasseringar

0,0

0,0

0,0

0,0

Kassebehaldning og innskot

0,0

0,0

0,0

0,0

Sum omløpsmidlar

57,6

80,8

80,8

80,8

Sum eigendelar

121,0

137,6

142,4

141,6

1)Omløpsmidlar. Det blir ikkje gjort overslag over omløpsmidlane før rekneskapsavslutning. Omløpsmidlane blir derfor førte opp uendra i budsjettåret. Omløpsmidlane blir rekneskaps­ført i samsvar med Kartverket sin bedriftsøkonomiske rekneskap.

Tabell 20.10 Kartverkets gjeld og eigenkapital

Gjeld og eigenkapital

Eigenkapital2):

Eigenkapital uten reguleringsfond

-44,0

-30,5

-30,5

-30,5

Reguleringsfondet

17,1

4,2

4,2

4,2

Sum eigenkapital

-26,9

-26,3

-26,3

-26,3

Langsiktig gjeld3):

Staten sin renteberande kapital

63,4

56,8

61,6

60,8

Annen langsiktig gjeld

0,0

0,0

0,0

0,0

Sum langsiktig gjeld

63,4

56,8

61,6

60,8

Kortsiktig gjeld4):

Kortsiktig gjeld

107,9

124,0

124,0

124,0

Mellomverande med statskassen

-23,4

-16,9

-16,9

-16,9

Sum kortsiktig gjeld

84,5

107,1

107,1

107,1

Sum gjeld og eigenkapital

121,0

137,6

142,4

141,6

2)Eigenkapital. Posten kjem fram som ein differanse mellom eigendeler og gjeld. Even­tuelt avvik mellom rekneskapsført driftsresultat (etter føring til eller frå regulerings­fondet) og Kartverket sitt bedrifts­økono­miske resultat, blir rekna mot eigenkapitalen.

3)Langsiktig gjeld. Kartverket finansierer alle anleggsmidlar fullt ut som «lån» i stats­kassen. Statens renteberande kapital fungerer derfor som motpost til anleggs­kapitalen. Den renteberande kapitalen er fordelt på 5 ulike «lån».

4)Kortsiktig gjeld. Det blir ikkje gjort overslag over kortsiktig gjeld før rekneskapsavslut­ning. Kortsiktig gjeld blir derfor ført opp uendra i budsjettåret. Kortsiktig gjeld blir rekne­skaps­ført i samsvar med Kartverket sin bedriftsøkonomiske rekneskap.

Programkategori 12.60 Nord- og polarområda

Utgifter under programkategori 12.60 fordelte på kapittel

 

(i 1 000 kr)

Kap.

Nemning

Rekneskap 2000

Saldert budsjett 2001

Forslag 2002

Pst. endr. 01/02

1470

Internasjonalt samarbeid, tiltak for luftmiljø og polarforvaltning (jf. kap. 4470)

65 587

72 107

-100,0

1471

Norsk Polarinstitutt (jf. kap. 4471)

129 889

112 619

107 417

-4,6

Sum kategori 12.60

195 476

184 726

107 417

-41,9

Utgiftene under programkategori 12.60 høyrer inn under resultatområda 7 Klima, luftforureiningar og støy, 8 Internasjonalt miljøvernsamarbeid, og miljøvern i polarområda og 11 Områdeovergripande verkemiddel og fellesoppgåver. Ein viser til innleiinga i del 2 der det blir gjort greie for budsjettvise endringar i 2002 innanfor resultatområdet.

Kap. 1470 Internasjonalt samarbeid, tiltak for luftmiljø og polarforvaltning (jf. kap. 4470)

 

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2000

Saldert budsjett 2001

Forslag 2002

01

Driftsutgifter

18 139

23 441

70

Tilskot til AMAP , kan overførast

2 200

2 200

71

Internasjonale organisasjonar , kan overførast

31 439

30 885

72

Miljøverntiltak i nordområda , kan overførast

9 000

8 000

75

Støtte til internasjonale miljøtiltak og nasjonale energitiltak , kan overførast

4 810

7 581

Sum kap 1470

65 587

72 107

Alle postane under dette kapitlet er førte over til kap. 1400 og kapitlet er derfor lagt ned.

Kap. 4470 Internasjonalt arbeid, tiltak for luftmiljø og polarforvaltning (jf. kap. 1470)

 

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2000

Saldert budsjett 2001

Forslag 2002

02

Ymse inntekter

642

09

Internasjonale oppdrag

643

Sum kap 4470

1 285

Alle postane under kapitlet er førte over til kap. 4400 og kapitlet er derfor lagt ned.

Kap. 1471 Norsk Polarinstitutt (jf. kap. 4471)

 

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2000

Saldert budsjett 2001

Forslag 2002

01

Driftsutgifter

124 893

112 121

106 919

45

Større utstyrinnkjøp og vedlikehald , kan overførast

4 500

50

Stipend

496

498

498

Sum kap 1471

129 889

112 619

107 417

Norsk Polarinstitutt si rolle og oppgåver:

Norsk Polarinstitutt er den sentrale statsinstitusjonen for kartlegging, miljøovervaking og forvaltningsretta forsking i Arktis og Antarktis, jf. St.meld. nr. 42 (1992-93), og fagleg og strategisk rådgivar overfor den sentrale forvaltninga i polarspørsmål.

Norsk Polarinstitutt skal òg hjelpe Direktoratet for naturforvaltning, Statens forurensingstilsyn, Riksantikvaren og Sysselmannen som fagleg rådgivar, og skal oppretthalde brei forskingsbasert kompetanse i miljøvernforvaltning innan viltforvaltning, område- og habitatvern, klimaovervaking og forureiningsproblematikk. Norsk Polarinstitutt har ansvar for topografisk og geologisk kartlegging av landområda på Svalbard og norsk biland og territorialkrav i Antarktis. Norsk Polarinstitutt skal i samarbeid med dei andre miljødirektorata og Sysselmannen iverksetje og vidareutvikle eit system for miljøovervaking for Svalbard og Jan Mayen (MOSJ). Norsk Polarinstitutt skal gjennom å gi norske og utanlandske forskarar tilgang til infrastruktur som forskingsstasjonar, feltutstyr og transportmiddel, stimulere til auka nasjonal og internasjonal miljøretta forsking på Svalbard. Norsk Polarinstitutt skal medverke til å utvikle Ny-Ålesund til den sentrale polare forskingsplattforma i Europa.

Norsk Polarinstitutt er organ for oppfølging og gjennomføring av norsk miljølovgiving i Antarktis og skal gjennom ekspedisjonsverksemda ivareta forvaltninga sine kunnskapsbehov og utøve nødvendig kontroll. Norsk Polarinstitutt deltek som fagleg representant i den norske delegasjonen i Antarctic Treaty Consultative Meeting.

Norsk Polarinstitutt skal, saman med dei andre miljødirektorata, fremje miljøforsking og forvaltningsrådgiving innan Barentsregions­amarbeidet og det bilaterale norsk-russiske miljøvernsamarbeidet. Norsk Polarinstitutt har i 2001 hatt ansvar for å leie og koordinere arbeidet i den norske fellesgruppa under miljøkommisjonen, og leier arbeidet med fagmiljøspørsmål.

Norsk Polarinstitutt vil fokusere forskinga si på prosessar som forklarer regionale klimaendringar, effektane av desse på naturen og økotoksikologi. Norsk Polarinstitutt skal utforske og overvake det marine miljø i iskantsona i Barentshavet pga. den innverknad dette har på næringsproduksjonen i havet, og dermed bestanden av pattedyr, fugl og fisk i området. Forsking på isbjørn og andre aktuelle arter skal følgjast opp for å overvake effektar av forureining og klimaendringar.

Norsk Polarinstitutt skal medverke til den nasjonale og internasjonale klimaforskinga gjennom å skaffe fram kunnskap om korleis samspelet mellom atmosfære, hav og is påverkar klimaet i den europeiske delen av Arktis. Norsk Polarinstitutt skal òg følgje opp den paleoklimatiske forskinga på dei store isavsetjingane i Antarktis og på brear og marine sediment på Svalbard. Norsk Polarinstitutt skal vere sekretariat for Miljøverndepartementet i Arctic Climate Impact Assessment (ACIA) under Arktisk Råd.

Som nasjonal sentralinstitusjon for polarforsking skal Norsk Polarinstitutt representere Noreg i internasjonale samarbeidsfora og vere eit internasjonalt kontaktpunkt i polarsaker og formidle kontakt mellom norske og internasjonale fagmiljø. Norsk Polarinstitutt skal vere den sentrale aktøren i Polarmiljøsenteret og styrkje dette som eit internasjonalt tyngdepunkt innan polarforsking og polar miljøvernforvaltning. Norsk Polarinstitutt skal aktivt arbeide for å styrkje forskingssamarbeidet i senteret. Norsk Polarinstitutt skal òg utvikle samarbeidet med dei andre forskingsinstitusjonane i Tromsø og i Nord-Noreg elles og drive utoverretta informasjon om polarområda m. a. gjennom samarbeid med Polaria.

Post 01 Driftsutgifter

Posten dekkjer utgifter som Norsk Polarinstitutt har til lønn og godtgjersler for faste og mellombels tilsette. Vidare dekkjer posten ordinære driftsutgifter og utgifter knytte til instituttet si samla forskings- og ekspedisjonsverksemd. Løyvinga under posten omfattar vidare midlar til:

  • sekretariat for International Arctic Science Committee og Svalbardkurset.

  • vitskapeleg samarbeid i Antarktis der midlane gjeld deltaking i det internasjonale Antarktissamarbeidet

Posten dekkjer òg utgifter knytte til sals- og oppdragsverksemd, og utgifter knytte til drift av polarforskingsfartøyet R/V «Lance» og utgifter knytte til leige og drift av Polarmiljøsenteret. Dei tilsvarande inntektene er førte under kap. 4471, postane 01, 03 og 04. Sjå elles forslag til vedtak II.nr.1. Dersom inntektene blir mindre enn budsjettert under kap. 4471, skal utgiftene under denne posten reduserast tilsvarande.

Reduksjonen under posten har samanheng med at den nordiske norskleia Antarktis-ekspedisjonen 2000-2001 er avslutta.

Post 50 Stipend

Midlane under denne posten er retta mot resultatområde 8 Internasjonalt miljøvern­samarbeid og miljøvern i polarområda.

Mål:

Stipendmidlane skal auke kompetansen innanfor den norske polarforskinga. Midlane er eit viktig og effektivt verkemiddel for å stimulere norsk polarforsking på Svalbard. Støtte blir primært gitt til norske hovudfags- og doktorgradstudentar. Støtta skal dekkje ekstrautgifter ved opphald i felt.

Midlane blir tildelte etter tilråding frå Noregs Forskingsråd på bakgrunn av dei fastsette kriteria som Rådet har for tildeling av stipend.

Oppfølging og kontroll:

Det blir kravd innsendt ei rekneskapsoversikt og ein kort fagleg rapport om gjennom­føringa.

Kap. 4471 Norsk Polarinstitutt (jf. kap. 1471)

 

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2000

Saldert budsjett 2001

Forslag 2002

01

Salsinntekter og utleigeinntekter

7 252

15 527

16 071

03

Inntekter frå diverse tjenesteyting

19 587

10 617

15 936

04

Refusjon frå Svalbardbudsjettet

2 650

3 229

2 450

05

Inntekter frå utleige av M/S Lance

6 467

16

Refusjon av fødselspengar/ adopsjonspengar

330

Sum kap 4471

36 286

29 373

34 457

Post 01 Salsinntekter og utleigeinntekter

Salsinntektene gjeld sal av kart, flybilete og publikasjonar, mens utleigeinntektene gjeld utleige av feltutstyr, transportmiddel, under dette utleige av forskingsfartøy, husleigeinntekter og andre inntekter, jf. kap. 1471 post 01 og forslag til vedtak II nr.1.

Post 03 Inntekter frå diverse tenesteyting

Oppdragsinntektene gjeld inntekter frå eksterne oppdrag for andre offentlege instansar og frå det private næringsliv, jf. kap. 1471 post 01 og forslag til vedtak II nr. 1.

Post 04 Refusjon frå Svalbardbudsjettet

Posten gjeld refusjon frå Svalbardbudsjettet sitt kap. 17 som i hovudsak gjeld kartleggingsutgifter og andre tenester som Norsk Polarinstitutt yter overfor Svalbardsamfunnet, jf. kap. 1471 post 01 og forslag til vedtak II nr. 1.

Til forsida