St.prp. nr. 1 (2002-2003)

FOR BUDSJETTERMINEN 2003 — Utgiftskapitla: 1100-1161 Inntektskapitla: 4100-4150, 5545, 5571, 5651, 5652

Til innholdsfortegnelse

Del Innleiande del

Oversikt over budsjettforslaget for programområde 15 Landbruk og mat

Landbruksdepartementet har ansvar for å forvalte og utvikle landbrukspolitikken og for å føre ein politikk som sikrar forbrukarane trygg mat og som tek miljøomsyn.

Landbruksdepartementets viktigaste oppgåver er å sikre borgarane trygge matvarer av god kvalitet og å føre ein landbrukspolitikk som gir optimisme og nødvendig fornying i landbruksnæringa med fokus på den enkelte bonde og matprodusent som sjølvstendig næringsutøvar. Den beste måten å sikre dette på, er å halde oppe tilliten til norsk mat og å gi rammer for auka lønnsemd og betre utnytting av marknadsmoglegheitene for landbruksnæringa.

Etableringa av eit felles mattilsyn for landbasert og sjøbasert matproduksjon er eit viktig og avgjerande steg for å sikre forbrukarane trygg mat gjennom ein sunn og berekraftig produksjon. Den nye merkeordninga som gir vern til produkt som har eit spesielt geografisk opphav, tradisjon eller særpreg vil vidare leggje betre til rette for at forbrukarane i framtida kan gjere val ut frå eigne preferansar. Ordninga vil samtidig leggje til rette for auka lønnsemd og inntektsmoglegheiter i norsk matproduksjon.

Landbruksdepartementet meiner at eit desentralisert landbruk med variert bruksstruktur er viktig både av beredskapsomsyn og av omsyn til behovet for trygg mat. Ved eit desentralisert og eit meir variert landbruk kan ressursane best forvaltast på ein berekraftig måte slik at òg det biologiske grunnlaget og miljøkvalitetane i kulturlandskapet blir sikra.

Skog og utmark er viktige ressursar. Landbruksdepartementet vil gjere dei økonomiske rammevilkåra for skogbasert verksemd meir robuste, legge til rette for auka verdiskaping i sektoren og styrke miljødimensjonen i skogpolitikken.

Landbruksdepartementet ser det som viktig at vi har eit nødvendig handlingsrom for ein nasjonal landbrukspolitikk innanfor rammen av WTO-avtalen og andre internasjonale avtaleverk. Dette har det vore brei semje om i norsk politikk.

Sentrale rammevilkår for mat- og landbrukspolitikken er den generelle økonomiske politikken, marknaden, handelspolitikken som følgje av WTO-avtalen og EØS-avtalen, og Stortinget si behandling av St.meld. nr. 40 (1996-97), St.meld. nr. 17 (1998-99), St.meld. nr. 19 (1999-2000), St.prp. nr. 1 (2001-2002), St.prp. nr. 58 (2001-2002) og St.prp. nr. 65 (2001-2002).

Hovudpunkt i budsjettforslaget for 2003

Regjeringa gjer framlegg om eit budsjett for Landbruksdepartementet som prioriterer matvaretryggleiken og medverker til å styrke næringsutøvaren si sjølvstendige rolle i landbruksproduksjonen og i produksjonen av fellesgode. Satsingane i budsjettet er konsentrert kring områda mat, miljø, mangfald og modernisering.

Budsjettforslaget har ei samla ramme på 13 771 mill. kr. Dette er ein reduksjon på vel 330 mill. kr i høve til saldert budsjett for 2002. Dette er ei følgje av jordbruksavtalen som er inngått i 2002 og tekniske endringar.

Hovudprioriteringane i budsjettforslaget er:

  • trygge matvarer av riktig kvalitet

  • større variasjon og mangfald i landbruksproduksjonen og med det auka inntektsmoglegheiter for den einskilde næringsutøvaren

  • auka verdiskaping knytt til landbruksbasert verksemd

  • ein berekraftig produksjon som òg medverker til å løyse viktige miljøoppgåver

  • ein omlegging av skogpolitikken med auka vekt på verdiskaping og miljøomsyn og meir robuste verkemiddel for skogbasert næringsverksemd

  • forsking og utvikling

  • modernisering, forenkling og effektivisering av mat- og landbruksforvaltninga

Landbruksdepartementet gjer framlegg om å løyve 805 mill. kr til tiltak for å sikre at forbrukarane får trygge matvarer av riktig kvalitet. Dette skal skje gjennom eit systematisk kvalitetsarbeid og kontroll i alle ledda i matkjeda. Det blir lagt stor vekt på å ha kunnskap om kva som skjer i dei ulike ledda i kjeda.

Landbruksdepartementet vil auke innsatsen knytt til særskilde område på matområdet med 57 mill. kr. Ein legg opp til å utvide overvakings- og kontrollprogamma for sjukdom på småfe (TSE) med 32 mill. kr medan løyvingane til veterinære vaktordningar blir auka med 20 mill. kr. Løyvingane til forskingsbasert kunnskapsutvikling på matområdet blir auka med 5 mill. kr.

Landbruksdepartementet vil fremme løyvingsforslag knytt til omstilling i samband med etableringa av Mattilsynet i eit tillegg til St.prp. nr. 1 (2002-2003).

Regjeringa meiner det er nødvendig å gjere endringar i landbrukspolitikken som kan medverke til auka lønnsemd og inntektsmoglegheiter i landbruket. Eit viktig bidrag vil vere å gi den einskilde næringsutøvaren ein meir sjølvstendig rolle i produksjonen av mat og fellesgode. Mjølkeproduksjonen er svært viktig både i omfang og for bidraget til inntektsmoglegheitene i mange distrikt. Mjølkeprodusentane har i dag for dårlege moglegheiter for å utnytte kapitalen sin effektivt. Regjeringa meiner det er nødvendig å auke handlingsrommet til desse produsentane og har derfor lagt opp til ein noko friare omsetning av mjølkekvoter.

Regjeringa legg i budsjettframlegget opp til å forbetre skatte- og avgiftsreglane for landbruket ved å utvide inntektsfrådraget for jordbruket ved skattlegging. Utvidinga vil ha ein provenyeffekt på 200 mill. kr og ein utrekna inntektsverdi for jordbruket før skatt på 300 mill. kr.

Landbruket sitt bidrag til busetjing og sysselsetjing i distrikta føreset livskraftige driftseiningar og attraktive arbeidsplassar i næringa. Regjeringa vil derfor medverke til at aktive brukarar skal få ein inntektsutvikling på linje med andre grupper i samfunnet. Samtidig vil ein ta større omsyn til bruk der jordbruksproduksjon utgjer eit viktig bidrag til inntekta. For at landbruket i størst mogleg grad skal gi grunnlag for busetjing i distrikta, langsiktig mattryggleik og eit levande kulturlandskap i alle delar av landet, vil det framleis vere ein geografisk arbeidsdeling i landbruket.

Regjeringa vil for jordbruksoppgjeret i 2003 legge opp til å føre vidare hovudprinsippa i jordbruksavtalen i 2002, m.a. ved å prioritere bruk der jordbruket gir eit viktig bidrag til sysselsetjing og inntekt samt tiltak som kan medverke til kostnadsreduksjonar, omstillingar i heile matvarekjeda og forenklingar i verkemiddelbruken.

Regjeringa ser på vidare utvikling av økologisk landbruk som ein sentral del av miljøarbeidet i landbruket og som eit viktig bidrag til å auke mangfaldet i matvaremarknaden. Regjeringa legg stor vekt på å nå målsetjinga om at 10 pst. av det totale jordbruksarealet skal vere økologisk innan 2010. Ein legg i 2003 opp til ei samla innsats over jordbruksavtalen på 115,5 mill. kr.

Regjeringa legg opp til ei omlegging av skogpolitikken med sikte på at dei økonomiske rammevilkåra for skogsektoren blir meir robuste. Den største utfordringa i skogbruket framover er å betre lønnsemda og auke verdiskapinga i sektoren. Regjeringa vil derfor prioritere verdiskapingstiltak innanfor skogsektoren og gjer framlegg om at løyvinga til Verdiskapingsprogrammet for bruk og foredling av trevirke blir auka med 19 mill. kr til 39 mill. kr. Hovudmålet med programmet er høgare foredling og auka marknadsorientering i heile verdikjeda for med det å auke lønnsemda i skogsektoren. Regjeringa vil betre skogavgiftsordninga ved at skattefordelssatsen ved investeringar med skogavgift blir auka frå 35 pst. med avtrapping i dag til 60 pst. utan avtrapping. Samtidig blir det ikkje mogleg å investere i nye skogsvegar med skattefordel og ordningane med tilskott til skogkultur og transport over kap. 1142 blir avvikla. Desse endringane gir skogbruket enklare og meir robuste rammevilkår som på sikt vil kunne føre til auka investeringar og ein betre lønnsemd i næringa. Saman med satsing på barskogvern og bioenergi medverker omlegginga òg til ei styrking av miljødimensjonen i skogbruket.

Landbruksdepartementet vil løyve 15 mill. kr til ideelle organisasjonar som driv arbeid retta mot landbruk, mat og nye og tradisjonelle næringar. Nytt av året er at midlane vil bli fordelt etter ein open prosess basert på offentleg kunngjering.

Landbruksdepartementet vil styrke arbeidet for å få til ein betre balanse mellom talet på rein og ressursgrunnlaget. Det er fastsett eit øvre tal for rein for sommarbeitedistrikta i Vest-Finnmark og budsjettet til Reindriftsforvaltninga er styrkt med 6 mill. kr for å følgje opp desse vedtaka.

Landbruksdepartementet vil styrke forskinga og den forskingsbaserte kunnskapsutviklinga med i alt 12 mill. kr. Av dette går 7 mill. kr til å støtte opp under dei tematiske satsingane i Forskingsmeldinga og innsatsområda i Handlingsplanen for landbruksforsking med særleg vekt på forsking innan trygg mat samt klima og energi, jf. kap. 1137. Departementet følgjer opp evalueringa som er gjennomført av mat- og landbruksforskinga. Departementet vurderer mellom anna fleire endringar i organiseringa av forskingsinstitutta, jf. kat. 15.20.

Landbruksdepartementet har sett i gang fleire store endringsprosessar for å modernisere, effektivisere og forenkle mat- og landbruksforvaltninga til beste for forbrukar, næringsutøvar og borgar. Det er gitt ei særskilt omtale av dette arbeidet i pkt. 1.2 nedanfor.

Forhandlingar i WTO, avtalar med EU og andre internasjonale prosessar påverkar rammevilkåra for den nasjonale mat- og landbrukspolitikken. Regjeringa vil arbeide aktivt for å påverke desse prosessane. Målet for landbruksforhandlingane i WTO er å sikre handlefridom for utforming av ein aktiv norsk landbrukspolitikk som inkluderer dei verkemidla som er nødvendige for å nå viktige samfunnsmål og som gjer det mogleg å ha ein aktiv landbruksproduksjon i heile landet i tråd med Stortinget si behandling av St.meld. nr. 19 (1999-2000).

Modernisering, forenkling og effektivisering av mat- og landbruksforvaltninga

Landbruket har ei sentral rolle i samfunnet som produsent av mat, fiber og andre produkt og tenester knytt til landbruket for å ivareta fellesgode som miljø, levande bygder og spreidd busetjing. Vidare er variert bruksstruktur og langsiktig forvaltning av jordressursane viktig både av beredskapsomsyn og av omsyn til mattryggleiken. Som ledd i regjeringa sitt program for modernisering, forenkling og effektivisering av offentleg sektor, er det sett i gang ei rekke tiltak for auka fokus på borgar og forbrukar, styrking av lokaldemokratiet og forenkling av verkemidla innanfor landbrukspolitikken.

Det er dei siste åra gjennomført fleire store omorganiseringar. Forvaltninga av fleire av verkemidla i landbrukspolitikken blei samordna i Statens landbruksforvaltning medan oppgåver knytt til næringsutvikling blei overført til Statens nærings- og distriktsutviklingsfond. I tillegg er Jordskifterettane omorganisert. Departementet vil følgje opp i høve til verksemdene slik at ein får god effekt av omorganiseringane som er gjennomført.

Mattilsynet

Ved behandlinga av St.prp. nr. 63 (2001-2002) la eit stortingsfleirtal til grunn at det skal etablerast eit felles tilsyn for landbasert og sjøbasert matproduksjon. Dette er eit svært viktig steg for framleis å kunne sikre forbrukarane trygg mat gjennom ein sunn og berekraftig produksjon.

Mattilsynet vil få ansvar for å sjå til at mattryggleiken knytt til all produksjon, foredling, import og frambod av mat i Noreg er god. Omorganiseringa vil leggje til rette for eit meir samordna, einskapleg og effektivt tilsyn med mat langs heile matvarekjeda. For å leggje til rette for at tilsynet skal ha stor tillit og legitimitet hos forbrukarane og næringsutøvarane, har Stortinget lagt til grunn at laboratorieverksemda skal organiserast uavhengig av tilsynet.

Landbruksdepartementet vil i samarbeid med Fiskeridepartementet og Helsedepartementet følgje opp Stortinget si behandling av saka og leggje fram prinsipp for eit meir samordna og effektivt tilsyn i ein tilleggsproposisjon til St.prp. nr. 1 (2002-2003).

Omorganiseringa av den offentlege matforvaltninga er ein stor og gjennomgripande reform som femner om lag 1 500 årsverk. Fire tilsynsstrukturar skal smeltast saman i ein, ny struktur samtidig med at det skal utviklast nye strukturar for laboratorieverksemda. For å sikre god framdrift i arbeidet framover, er det viktig å få på plass ein administrasjon for den nye organisasjonen som kan førebu etableringa av tilsynet. Ein legg derfor opp til at leiaren for Mattilsynet skal vere på plass ved årsskiftet 2002/2003 medan Mattilsynet vil overta oppgåver som no blir løyst av Statens landbrukstilsyn, Statens dyrehelsetilsyn, Statens næringsmiddeltilsyn, Fiskeridirektoratet og kommunale og interkommunale næringsmiddeltilsyn 01.01.2004.

Ein legg vidare opp til at omorganiseringa av laboratorieverksemda skal kunne skje parallelt med etableringa av Mattilsynet.

Landbruksdepartementet legg til grunn at omstillingsarbeidet vil halde fram i 2 til 3 år etter at Mattilsynet er etablert.

I samband med etableringa av Mattilsynet vil regjeringa arbeide med å forenkle lovverket og avgifts- og gebyrsystemet knytt til den offentlege matforvaltninga. Ein viser her òg til St.prp. nr. 1 (2002-2003) for Helsedepartementet og Fiskeridepartementet.

Styrking av lokaldemokratiet på landbruksområdet

Landbruksdepartementet legg auka vekt på desentralisering av myndigheit og ansvar for gjennomføring av landbrukspolitikken. For å få ei god tilpassing av dei nasjonale verkemidla skal derfor kommunane i større grad gis myndigheit og ansvar for gjennomføringa av landbrukspolitikken, jf. St.meld. nr. 19 (2001-2002) og Innst. S. nr. 268 (2001-2002).

Målsettinga med omlegginga, som skal gjennomførast frå 01.01.2004, er å gi kommunane større handlefridom og styrke lokaldemokratiet på landbruksområdet samstundes som forvaltninga kjem nærare dei ulike næringsutøvarane. Fylkesmannen vil få et aktivt ansvar for gjennomføring av og oppfølging av omlegginga, og vil få viktige oppgåver som regionale kompetansesentra på landbruksområdet. Regjeringa kjem attende til Stortinget når det gjeld den praktiske gjennomføringa av omlegginga i kommuneproposisjonen for 2004. For nærare omtale av dei ulike delane av omlegginga viser ein til omtalen under kategori 15.00 og dei aktuelle fagkapitla.

Elektronisk forvaltning

Regjeringa sin plan for IT-politikk; eNoreg 2005, set krav om at IKT skal brukast for å modernisere offentleg sektor. Innan utgangen av 2004 skal alle offentlege etatar kunne motta elektroniske innrapporteringar frå næringslivet, samtidig som ein skal tilby elektroniske tenester som er enkle å nytte og fremmer dialog.

Regjeringa sin IT-politikk blir følgt opp innanfor mat- og landbrukssektoren gjennom fleire tiltak. Det vil bli etablert brukarorienterte løysningar for elektroniske innrapporteringar og innsendingar av søknader frå næringslivet, samtidig som ein skal tilby internettbaserte informasjonstenester som skal forenkle kvardagen til næringsutøvarane og fremme dialogen med befolkninga.

Matportalen skal utviklast til ei nettbasert informasjonsteneste som skal gjere det enklare for forbrukarar og næringsutøvarar å få tilgang til informasjon frå forvaltninga, samtidig som næringsutøvarar skal kunne kommunisere elektronisk med tilsynet.

Samordninga av fleire av verkemidla for landbruket i Statens landbruksforvaltning har gjort det enklare å arbeide med utvikling av elektroniske forvaltningsløysingar, mellom anna når det gjeld produksjonstilskotta i landbruket. Utviklinga av elektroniske forvaltningsløysingar skal gjere det lettare for næringsutøvarane å kommunisere med forvaltninga både ved innsending av søknader og innrapportering, samtidig som elektroniske løysingar skal medverke til ei meir effektiv forvaltning.

Landbruksdepartementet vil bidra til den nasjonale infrastrukturen av geografisk informasjon gjennom ajourhald av eksisterande digitale kart og vidare kartlegging av landbruksområde. Kommunane får auka myndigheit, og ein vil arbeide aktivt for at forvaltninga skal få betre tilgang til geodata tilpassa dei oppgåver som skal løysast på kommune- og fylkesnivå. Dette skal gi raskare saksbehandling og betre kvalitet på dei avgjerdslene som blir tatt, samtidig som informasjon til ålmenta og næringsutøvarane blir betre.

Forenklingar

Det er lagt stor vekt på å få gjennomført endringar i jordbruksavtalen 2002 for å forenkle og målrette dei økonomiske verkemidla, jf. òg omtale i pkt. 1.4.2 nedanfor. Dette arbeidet vil halde fram i jordbruksavtalen 2003.

På oppdrag frå Landbruksdepartementet har SND innanfor verdiskapingsprogrammet for matproduksjon sett i gang arbeid med å utforme ein handlingsplan for mindre næringsmiddelverksemder. Måla med handlingsplanen er å identifisere forhold som gjer det vanskeleg å starte opp og drive mindre næringsmiddelverksemder og å utvikle samarbeidskonstellasjonar mellom offentlege instansar og mindre næringsmiddelverksemder for betre å legge til rette for etablering av bedrifter.

Landbruksdepartementet har sett i gang fleire prosessar der målsettinga mellom anna er å forenkle og redusere talet på lover og forskrifter. Mellom anna innebar den nye produksjonsforskrifta som blei fastsett i juli 2002 ei samling og forenkling av 12 forskrifter til ei forskrift. Landbruksdepartementet tar òg del i arbeidet med å utarbeide ein ny matlov. Den nye matloven vil erstatte mange av lovene vi i dag har på matområdet. Tiltak er omtalt nærare i programkategori 15.00 og under dei aktuelle kapitla.

Overordna mål for mat- og landbrukspolitikken

Landbruksdepartementet har eit breitt, allmennretta forvaltningsansvar som er delt inn i følgjande 4 område:

  • matvaretryggleik, matvarekvalitet, dyrehelse og plantehelse

  • næring, areal og miljø

  • forsking og utvikling

  • mat- og landbruksforvaltning

Innanfor desse områda arbeider Landbruksdepartementet etter målsetjingane som er refererte i tabell 1.1.

Mål for mat- og landbrukspolitikken

Matvaretryggleik, matvarekvalitet, dyrehelse og plantehelse (programkategori 15.10)

Hovudmål:

-

sikre forbrukarane trygge matvarer av riktig kvalitet gjennom ein sunn matproduksjon

Delmål:

-

forbrukarane skal sikrast innverknad for å imøtekomme deira preferansar på matområdet

-

reieleg frambod av mat og drikke med riktig kvalitet

-

trygg mat og drikke

-

god dyrehelse

-

eit etisk forsvarleg dyrehald ut frå åtferdsbehova til dyra

-

god plantehelse

-

ein effektiv og miljøforsvarleg bioproduksjon

Næring, areal og miljø (programkategori 15.30)

Hovudmål:

-

eit berekraftig og utviklingsdyktig landbruk som gir grunnlag for lønsemd, sysselsetjing, busetjing og verdiskaping

-

sikre areal og ressursar som varig grunnlag for landbruksproduksjon og produksjon av fellesgode

-

legge til rette for at landbruket kan medverke til løyse viktige miljøoppgåver.

Delmål arealforvaltning:

-

utvikle ein arealpolitikk som byggjer opp under ei langsiktig og berekraftig ressursforvaltning med eit sterkt jordvern

-

aktiv deltaking i samfunnsplanlegginga

-

medverke til ein rasjonell eigedoms- og driftseiningsstruktur

-

ha ein velfungerande jordskifterett

-

medverke til å utvikle data om landbruket sine arealressursar og gjere dei tilgjengelege for ålmenta, næringslivet og forvaltninga

Delmål jordbruk:

-

leggje til rette for at aktive utøvare skal få ein inntektsutvikling på line med andre grupper i samfunnet

-

medverke til eit landbruk som gjer bruk av ny teknologi og nye marknadsmoglegheiter og gir forbrukarane kvalitetsprodukt

-

sikre miljøforsvarleg produksjon der òg omsynet til kulturlandskapet, kulturminne og biologisk mangfald står sentralt

-

medverke til auka verdiskaping i og knytt til landbruket

-

styrkje rekrutteringa til og likestillinga i næringa

Delmål skogbruk:

-

verdiskapinga frå skogbaserte næringar skal aukast

-

skogsektoren skal medverke til å løyse viktige miljøoppgåver

-

ei aktiv og langsiktig ressursforvaltning som legg til rette for verdiskapinga og miljøsatsinga

Delmål reindrift:

-

ei reindriftsnæring i balanse med beiteressursane og som medverkar til å halde oppe samisk eigenart

-

verdiskaping frå reindrifta skal aukast

Forsking og utvikling (programkategori 15.20)

Hovudmål:

-

mat- og landbruksforskinga skal, innanfor ei etisk forsvarleg ramme og i brei næringspolitisk samanheng, vere leverandør av kunnskap med vekt på forbrukarkrav, verdiskaping, nyskaping, omstilling, miljø og helse- og livskvalitet

Delmål:

-

fremme langsiktig og berekraftig utvikling i landbruket og i landbruksbasert verksemd til bevaring av naturgrunnlag og miljø, og til fremme av helse og livskvalitet hos menneske og dyr

-

utvikle marknadsorienterte produkt basert på norske råvarer og foredlingssystem

-

høyne nivået på kompetansen og graden av produktforedling med sikte på verdiskaping og sysselsetjing i landbruket og verksemd basert på landbruk

-

utvikle nye produkt, næringar og kombinasjonar av næringar innanfor eit heilskapleg nærings- og distriktsperspektiv

-

gi grunnlag for utforming av politikk, bruk av offentlege verkemiddel og forvaltning

Mat- og landbruksforvaltning (programkategori 15.00)

Hovudmål:

-

gjennomføre og utvikle mat- og landbrukspolitikken på ein måte som gir størst mogleg grad av måloppnåing og tillit hos dei ulike samfunnsaktørane

Delmål:

-

ein effektiv landbruksforvaltning

-

fokus på borgar, brukar og forbrukar

-

styrking av lokaldemokratiet på landbruksområdet

-

ein inkluderande og stimulerande personalpolitikk

Utfordringar i mat- og landbrukspolitikken

Trygg mat, kvalitet og forbrukaromsyn

Mat- og landbrukspolitikken må utformast i samsvar med internasjonale plikter nedfelt i mellom anna WTO-, SPS- og EØS-avtalane. Regjeringa legg vidare vekt på å følgje opp intensjonen i FN-konvensjonen om økonomisk, sosial og kulturell rett som òg er nedfelt i norsk lov. Borgarane sin rett til fysisk og økonomisk tilgang til nok og trygg mat for eit fullgodt kosthald som møter ernæringsbehov og preferansar, og som gir grunnlag for eit aktivt liv med god helse er forankra her.

Debatten om mat, både nasjonalt og internasjonalt, ber meir og meir preg av ein verdidebatt. Forbrukarane syner aukande interesse for korleis maten blir produsert, foredla og omsett. Slike omsyn må liggje i botnen når politikken blir forma.

Regjeringa sin matpolitikk er såleis bygd opp kring tre hovudelement:

  • trygg mat av riktig kvalitet

  • ei langsiktig matforsyning

  • nyskaping, mangfald, og verdiskaping knytt til produksjon av matvarer

Ein gjer her greie for dei viktigaste utfordringane knytt til mattryggleiken, medan utfordringane knytt til dei to siste strekpunkta blir omtalt i pkt 1.4.2.

Av tabell 1.1 går det fram at regjeringa har klare mål når det gjeld matvaretryggleik, matvarekvalitet, dyrehelse og plantehelse. Maten er sluttproduktet i ei lang produksjonskjede der kvaliteten på sluttprodukta avheng av tilhøva i kvart ledd.

Regjeringa si matpolitiske målsetting om trygg mat byggjer på prinsippet om at det er næringsutøvarane som i første rekke er ansvarleg for å sikre mattryggleiken. Tilsyna fører tilsyn langs heile matvarekjeda, medan forskingsinstitutta gir tilsyna fagleg støtte. Det ytre fag- og forvaltningsapparatet melder gjennomgåande om at tilstanden langs matkjeda, inkludert sluttprodukta, er tilfredsstillande.

Den auka internasjonaliseringa i samfunnet med m.a. auka reiseverksemd og endringar som følgje av Noreg si tilknyting til EU og WTO, har skapt nye faglege og forvaltningsrelaterte utfordringar på matområdet. Matskandalane i Europa har vist kor sårbare dei tradisjonelle metodane for tilsyn og kontroll med næringsmiddel kan vere, og har medverka til å skape ein auka politisk medviten om behovet for reformer på dette området. Det er behov for å endre dei faglege metodane og samordne og styrke det internasjonale arbeidet for auka mattryggleik.

Dei viktigaste verkemidla for forvaltninga i arbeidet med å styrke mattryggleiken er eit konsistent og relevant regelverk og eit effektivt tilsynsapparat som er i stand til å følgje opp viljen og evna som aktørane i matproduksjonen har til å etterleve regelverket.

Dei tre matdepartementa; Helsedepartementet, Fiskeridepartementet og Landbruksdepartementet, har sett i gang eit arbeid for å tilpasse regelverket og organiseringa av tilsynsverksemda til desse utfordringane.

Helsedepartementet har ansvar for arbeidet med ei ny matlov. Den nye matlova vil femne om verkeområdet til ei rekkje av lovene vi har på matområdet i dag og såleis representere ei monaleg forenkling av regelverket. Den nye matlova skal òg vere tilpassa relevant internasjonalt regelverk. Departementa vil vurdere om loven skal femne om heile matkjeda frå jord og fjord til bord.

Landbruksdepartementet har i samarbeid med Fiskeridepartementet og Helsedepartementet ansvar for arbeidet med å etablere eit mattilsyn som femner tilsyn med all produksjon, import og frambud av mat frå jord og fjord til bord. Reformen legg til rette for ein meir samordna og effektiv tilsynsverksemd.

Det er særs viktig at forbrukar og næringsutøvar har tillit til vedtaka som blir fatta. Opne, uavhengige og etterrettelege prosessar vil medverke til det. Departementa vil derfor etablere eit tydelegare skilje mellom dei ulike prosessane og aktørane som har roller i risiokoanalysen. Det vil bli etablert ein vitskapskomité som skal dekkje matforvaltninga sine behov for vitskapleg baserte risikovurderingar. Den nye vitskapskomiteen skal organiserast uavhengig av Mattilsynet som på si side skal ha ansvar for risikohandteringa. Kva risikonivå som skal aksepterast blir fastsett av styresmaktene i samråd med forbrukarane.

Landbruksdepartementet vil involvere forbrukarane i utforminga og iverksetjinga av matpolitikken. Det blir derfor oppretta matpolitiske forbrukarpanel som skal gi råd til styresmaktene om m.a. kva risikonivå som skal godtakast. I tråd med Landbruksmeldinga har departementet utarbeidd ein handlingsplan for forbrukarorientering av mat- og landbrukspolitikken jf. kat. 1510.

Tilsynet skal tuftast på vitskapleg grunnlag og førast ut frå dei risikofaktorar som til ei kvar tid finst. Derfor må status med omsyn til helse, smittestoff, reststoff m.m. vere godt dokumentert. Dette skjer ved ei omfattande overvaking innan plante- og fôrsektoren, av dyrehelsa og ei lang rekke matvarer. Slike program er kostbare, men nødvendige av fleire grunnar. For det første er funn og resultat som kjem fram, grunnlag for tiltak. Vidare er dokumentasjonen viktig for å sikre tilliten til maten hos forbrukaren og som grunnlag for å sette vilkår når det gjeld internasjonal handel. Både i samband med EØS-avtalen og WTO-avtalen ser ein på dei nasjonale kontroll- og overvakingsprogramma som avgjerande for å ta vare på dei føremoner som gode standarder gir. Samstundes legg EU opp til auka bruk av obligatoriske overvakings- og kontrollprogram. Det blir derfor ei stadig større utfordring å finne rom for å både behalde dei nasjonale programma og gjennomføre program som er obligatoriske etter EØS-avtalen. Ein god dokumentasjon av helse og kvalitet styrker òg dei norske produkta i marknaden, både nasjonalt og internasjonalt.

Noreg følgjer EU når det gjeld overvaking og kontroll av TSE (overførbare spongiforme encefalopatiar) der det er sett i gang omfattande overvaking med omsyn på BSE (kugalskap) hos storfe og skrapesjuke hos småfe. EU har óg vedteke ei kraftig auke i overvakinga av skrapesjuke fordi det er liten oversikt over kor utbreidt skrapesjuke er i EUs medlemsland, og uvisse om BSE kan smitte til sau og geit. Regjeringa vil følgje opp desse vedtaka, fordi dei er viktige for å få betre oversikt over skrapesjuka i Noreg og for at forbrukarane skal ha tillit til at mat produsert i Noreg er trygg.

På mat-, fôr- og plantesektoren er genmodifisering av organismar ei viktig problemstilling både i høve til forbrukar og miljøet. Regjeringa er budd på å praktisere ein restriktiv politikk med krav om godkjenning og merking av mat og fôr. Departementet vil vurdere kva krav som skal stillast til produsentane med omsyn til produktdokumentasjon.

Noreg har på nasjonalt grunnlag innarbeidd EU sitt regelverk som femner om merking for å spore ferskt storfekjøtt. Desse reglane gjer det mogleg å spore kjøttet tilbake til dyret og dyrehaldet det kom frå. Det er venta at dette regelverket vil bli ein del av EØS-avtalen.

Saman med sikring av trygg mat av god kvalitet, er det òg nødvendig at det er god tilgang på produkt med god ernæringsmessig samansetning. Utfordringa for landbruket som ligg i målsettinga om auka inntak av frukt, grønt og kornprodukt, er stort. Styresmaktene har saman med råvareprodusentar, næringsmiddelindustri og omsetjingsledda eit ansvar for å få fram eit større mangfald og ein produktkvalitet som stimulerer til eit større forbruk av produkt med god ernæringsmessig samansetning. Landbruksdepartementet har tatt initiativ til eit samarbeid med andre departement for å sjå på mat i skulen i ei brei samanheng. Ordninga med nedskriving av pris på frukt og grønt i skulen, som har vist seg å vere eit godt ernæringspolitisk tiltak, vil i den samanhengen bli vurdert med sikte på ei enno betre målretting av tiltaket.

Sterkare fokusering på ulike sider av dyrehaldet og større erkjenning i samfunnet av at dyr har krav på verdig liv, tilpassa den enkelte art, gjer at dyrevelferd må takast på alvor. Regjeringa vil derfor leggje fram ei stortingsmelding om dyrehald og dyrevelferd hausten 2002. Meldinga vil ta for seg dei ulike sidene med dyrehaldet, m.a. dei dyrevelferdsmessige forholda knytt til tap av husdyr på grunn av freda rovdyr.

God plantehelse gir miljøgevinst gjennom lågare bruk av plantevernmiddel, betre produktkvalitet og nye moglegheiter i marknaden. Landbruksdepartementet legg vekt på førebyggjande tiltak og tilsyn med nøkkelledd i produksjonen. Ein vil i den samanhengen styrke den generelle overvakinga av farlege planteskadegjerarar og tilsyn med den stadig aukande importen, jf. mellom anna utbrotet av den søramerikanske minérfluga i norske gartneri og dei store økonomiske konsekvensane av utbrotet.

Det er eit mål for landbruket å utvikle produksjonsmåtar som minskar behovet for kjemiske plantevernmiddel og som reduserer risikoen for restar i matvarer og miljø mest mogleg. Førebels resultat frå handlingsplanen 1998-2002 tyder på at dei tiltak og verkemiddel som er gjennomført har gjeve god effekt. Basert på resultat frå sluttevaluering av planen vil ein føre arbeidet vidare i ein ny handlingsplan frå 2003.

Næringspolitikk og verdiskaping

I Sem-erklæringa legg regjeringa vekt på at desentralisert landbruk med variert bruksstruktur er viktig både med tanke på beredskap og av omsyn til behovet for trygg mat. Regjeringa legg til grunn eit behov for modernisering og auka fokus og synleggjering av miljø- og matpolitikk.

Regjeringa legg vekt på at yrkesutøvarane i landbruket er sjølvstendige næringsdrivande og at ein må ta større omsyn til bruk kor jordbruksproduksjonen utgjer eit viktig bidrag til inntekta. I tillegg er det behov for å gjennomføre strukturelle tilpassingar i næringa som skal stimulere til auka effektivitet og konkurransekraft. God utnytting av marknadsmoglegheitene, ny teknologi, auka mangfald, ein balansert marknad, strukturelle endringar og fornuftige kostnadstilpassingar vil i aukande grad avgjere om måla for inntektsutviklinga kan nåast.

Det er ein sentral strategi å gjere det enklare å starte opp nye verksemder i og knytt til landbruket. Bygdeutviklingsmidlane er eit sentralt verkemiddel i den samanhangen og medverkar til å utvikle eit allsidig næringsliv og eit breiare grunnlag for busetting. I jordbruksavtalen i år er det mellom anna sett i gang eit arbeid for å auke bruken av bioenergi, både for å fremme verdiskaping i landbruket og å medverke til miljømessige målsetjingar. Regjeringa legg òg vekt på å fremme samarbeidstiltak og tiltak som gir nye arbeidsplassar for kvinner og ungdom.

I arbeidet med å leggje til rette for næringsverksemd som i større grad samsvarer med preferansane til forbrukarane, er det behov for å sjå heile matvarekjeda i samanheng. Dei ulike matrelaterte omsyna i kjeda, frå primærleddet gjennom foredlingsleddet og handelsleddet fram til forbrukar, bør derfor integrerast i landbrukspolitikken.

I arbeidet med nyskaping og mangfald på matmarknaden er Verdiskapingsprogrammet for matproduksjon sentralt. Programmet har som hovudmål å auke mangfaldet av spesialiserte produkt av høg kvalitet i tråd med marknaden sine krav, samtidig som det skal auke det økonomiske potensialet i næringa. I denne samanheng har regjeringa oppretta ei offentleg merkeordning som gir vern til produktnamn på næringsmiddel som har ein spesiell geografisk opphav, tradisjon eller særpreg. Ordninga skal gjere det enklare for forbrukarane å gjere val ut i frå eigne preferansar og samtidig leggje til rette for auka lønnsemd og inntektsmoglegheiter i norsk matproduksjon. Som ledd i moderniseringa av offentleg sektor er det òg sett i gang arbeid med å utforme ein handlingsplan for å gjere det enklare å starte opp mindre næringsmiddelverksemder.

Økologiske produkt gir mellom anna eit viktig bidrag til auka mangfald i matvaremarknaden og regjeringa prioriterer økologisk landbruk høgt. Det er aukande etterspurnad etter økologiske produkt og det har vist seg vanskeleg å auke produksjonskapasiteten på alle områda i takt med behova. Satsinga tek derfor utgangspunkt i heile verdikjeda frå primærprodusent til forbrukar, jf. nærare omtale under kap. 1150.

St.meld. nr. 19 (1999-2000) og behandlinga av ho i Stortinget føreset ein gjennomgang av verkemiddelbruken i landbrukspolitikken med sikte på betre målretting og forenkling. Denne moderniseringa omfattar alle verkemidla som påverkar mat- og landbrukspolitikken. I tråd med Sem-erklæringa vil regjeringa gi næringsutøvarane i landbruket ei meir sjølvstendig rolle og større fridom til å tilpasse verksemda si i høve til preferansane til forbrukar og borgar. Ein vil vidare forenkle dagens kompliserte verkemiddelsystem for å få eit meir fleksibelt og mindre detaljert regelverk. Arbeidet med å forenkle dei økonomiske verkemidla starta opp i og med jordbruksavtalen 2002. Samtidig har det vore ein revisjon og samordning av forskriftene om produksjonstilskott i jordbruket.

Reindrifta står overfor store utfordringar. Eit gjennomgåande trekk for store delar av næringa er ein svak økonomi, og ein tradisjonell omsetnad av råvarer som ikkje er foredla. For at reindrifta skal ha ei framtid ser regjeringa det som viktig at ein får fastsett rammevilkåra og at disse blir etterlevd. Vidare er det viktig at det blir sett i verk tiltak som reduserer rovdyrtapa og at reindrifta sine areal sikrast.

Regjeringa meinar at verdiskapingsprogrammet for reindrift er eit viktig tiltak for å sikre ein positiv økonomisk utvikling i næringa.

Misforholdet mellom talet på rein og ressursgrunnlaget i deler av Finnmark har framleis regjeringas høgste prioritet. For å lykkast med dette arbeidet er det viktig at dei ulike aktørane har ei felles forståing av tilhøva. Dette krev eit høgt kunnskapsnivå hos politikarar og myndigheiter når det gjeld dei ulike sidene ved reindrifta, og om endringsprosessar og årsaksforhold. Vidare er det viktig å utvikla den kompetansen reindrifta har og bruke reindrifta sin kunnskap i forvaltninga av den næringa som er den sentrale for bevaring av samisk kultur, levesett og språk.

Skogsektoren arbeider i ein internasjonal marknad med raske endringar. Utviklinga, både internasjonalt og nasjonalt, har dei siste åra endra rammevilkåra for skognæringa og ført med seg ei stadig fallande lønnsemd. Resultatet av dette er m.a. lågare avverking og mindre investeringar.

Det er ei stor utfordring å få til ei betre utnytting av skogressursane i landet. Regjeringa vil arbeide for at :

  • verdiskapinga frå skogbaserte næringar skal aukast. Det femårige verdiskapingsprogrammet som blei starta opp i 2000 har som mål å auke skogsektoren sitt bidrag til verdiskapinga og meir berekraftig produksjon og forbruk. Programmet skal fokusere på auka bruk av trevirke og betre koplingar mellom skogbruk og marknad,

  • skogsektoren skal medverke til å løyse viktige miljøoppgåver. Ei framtidsretta skognæring må ha ein god miljøprofil. Hovudstrategien i miljøarbeidet framover vil bli å bygge opp god kunnskap innan alle ledd i sektoren og å delta aktivt i arbeidet med internasjonale avtaler og prosessar og å følgje opp resultata nasjonalt.

Regjeringa legg opp til at tilskott til skogkultur fell bort frå 2003. Dette inneber at skogeigarane sjølve må ta eit større ansvar for å bygge opp ny skog. Samtidig vil regjeringa betre skogavgiftsordninga, jf. omtale i pkt. 1.1 ovanfor. Ein gjer òg framlegg om at ordninga med transportstøtte retta mot Vestlandet og Nord-Noreg fell bort frå 2003.

Landbruksdepartementet vil gjennomføre ein nærare vurdering av utvalde deler av budsjettet for å sjå korleis ordningar verkar i eit kjønns- og likestillingsperspektiv. I 2003 vil ein vurdere dei tre verdiskapingsprogramma som er etablert innanfor høvesvis matproduksjon, skogbruk og reindrift.

Jordvernpolitikk og arealforvaltning

Av det samla landarealet i Noreg er berre om lag 3 pst. dyrka jord, og av klimatiske årsaker er det berre mogleg å dyrke matkorn på ein tredel av desse areala. Regjeringa legg, ut frå nasjonale beredskapsomsyn og globale fordelingspolitiske omsyn, stor vekt på at landet har ei god sjølvforsyning av mat, m.a. ut frå retningslinjene frå toppmøtet om verdas matvaretryggleik i 1996.

Det er ei målsetting for regjeringa å redusere nedbygginga av dyrka og dyrkbar jord. Kvart år blir det bygd ned om lag 20.000 daa dyrka og dyrkbar jord, mykje av dette er god kornjord i område med godt klima. Omdisponering av dyrka og dyrkbar jord til utbyggingsformål skjer etter kommunale vedtak. Departementet vil i 2003 arbeide med å sette eit konkret mål for reduksjon av nedbygd dyrka og dyrkbar jord, og vil prioritere oppfølging av kommunar og fylke for å sikre at jordvernet blir lagt til grunn i arealplanlegginga. Departementet arbeider med å skaffe fram betre dokumentasjon av kvaliteten på landbruksareala i form av jordressurskart. Dette skal mellom anna nyttast for å dokumentere landbruket sine interesser i høve til arealplanlegging og for ein meir presis registrering av avgang av landbruksareal. God dokumentasjon gjer betre grunnlag for å sikre verdifulle landbruksareal.

God eigedomsutforming og klare eigar- og rettstilhøve er viktig for auka verdiskaping. For å få til dette kan det vere nødvendig å omforme eigedommar eller gjere andre endringar i eigartilhøva og med det sikre god ressursutnytting og omsyn til miljø. Det er òg ofte behov for at grunneigarar set i gang fellestiltak. For eigaren eller leigetakaren er det viktig at ikkje eigedomstilhøva stenger for god arealutnytting og eit godt inntektsgrunnlag. For samfunnet er det viktig å få ned kostnadene i landbruket. Det kan medverke til auka verdiskaping, noko som igjen tener sysselsetjinga i næringa og busetjing i distrikta. Grunneigarane kan bruke jordskifterettane for å få løyst slike problem, og landbruksstyresmaktene kan nytte lovverket elles.

I saker der ein nyttar reglane for å gjere inngrep i den private eigedomsretten er det særleg viktig at omsynet til rettstryggleiken blir tatt omsyn til på ein god måte.

I St.meld. nr. 19 (1999-2000) er mange sider ved arealforvaltning tatt opp. Fleire av forslaga i stortingsmeldinga blei gjennomført ved lovendring våren 2001. Endringane gjaldt m.a. oppheving av forkjøpsretten og heving av arealgrensene i konsesjonslova § 5 første ledd nr. 2 og odelslova § 2. Vidare la departementet i mai 2002 fram høyringsnotat med forslag til ny konsesjonslov. Eit utval som skal greie ut verknadene av odelslova og fremme forslag til lovendringar vil etter planen avslutte arbeidet sitt i løpet av 2003.

Miljø

For å nå målsetjingane om eit berekraftig landbruk, må landbrukspolitikken ha eit heilskapleg perspektiv der miljøomsyna er integrerte i alle delar av politikken. Eit sentralt arbeidsområde vil vere berekraftig forvaltning av naturressursane. Vidare vil ein leggje auka vekt på produksjon, forvaltning og synleggjering av landbruket sine miljøgode.

Landbruksdepartementet la i 2000 fram ein miljøhandlingsplan for landbruket som del av oppfølginga av St.meld. nr. 58 (1996-97) Miljøpolitikk for ein bærekraftig utvikling. Miljøhandlingsplanen er eit bindeledd mellom regjeringa sin landbrukspolitikk og miljøvernpolitikk og skal medverke til å gjere landbruket sitt sektoransvar for miljø tydelegare. Departementet har kome godt i gang med oppfølginga av handlingsplanen og vil med jamne mellomrom gjennomføre ein fullstendig oppdatering av status for tiltaka i planen, jf. omtale i kat. 15.30.

Eit sterkt jordvern er grunnlag for økologisk langsiktig ressursforvaltning og nasjonal matsikring. Regjeringa har gjennom St. meld. nr. 24 (2000-2001) Regjeringens miljøvernpolitikk og rikets tilstand integrert jordvern som ein del av den nasjonale miljøvernpolitikken. I arbeidet med å følgje opp nasjonal miljøvernpolitikk legg departementet stor vekt på kunnskap om og dokumentasjon av ulike miljøverdiar. Landbruksdepartementet vil derfor mellom anna utvikle jordressurskart som syner produksjonsevna til areala.

Jordbruksproduksjon er viktig for å sikre landbruket sitt kulturlandskap med dei fellesgoda som er knytt til det. Dei biologiske ressursane i plante-, skog- og dyrematerialet spelar ein sentral rolle for produksjonen i landbruket.

God kunnskap om miljø og biologiske verdiar er nødvendig for å kunne drive eit miljøforsvarleg landbruk. Departementet vil derfor føre vidare arbeidet med kartlegging og overvaking av biologisk mangfald, i tråd med landbruket sitt sektoransvar. Landbruksdepartementet tar del i arbeidet med å utvikle eit nasjonalt program for kartlegging og overvaking av biologisk mangfald og etablering av ein artsdatabank.

Som del av mat- og landbrukspolitikken og arbeidet med biologisk mangfald, legg departementet stor vekt på bevaring av genetiske ressursar. Landbruksdepartementet har kome godt i gang med oppfølginga av handlingsplanen for forvaltning av genetiske ressursar, som omhandlar både husdyr, kulturplanter og skog. I tillegg er det nordiske samarbeidet styrkt på området. For å sikre oppfølging av norske og nordiske prioriteringar er det oppretta eit nasjonalt råd for genressursar, og genressursutval innanfor kvart av områda; husdyr, kulturplanter og skogstre. Noreg deltar aktivt i Nordisk genressursråd.

Landbruksdepartementet legg stor vekt på at auka vern av skog bør bli eit viktig element i den samla forvaltninga av skogressursane, og at eit auka skogvern må baserast på erstatning til skogeigarane i samsvar med gjeldande reglar.

Landbruksdepartementet legg opp til auka bruk av økologiske driftsmetodar i landbruket og å sikre ein kostnadseffektiv produksjon av miljøgode.

Departementet legg òg vekt på å utnytte skogsektoren sine moglegheiter for å løyse viktige miljøoppgåver. Skogen er ein fornybar ressurs som kan medverke til utvikling av meir berekraftig produksjon og forbruk. Eit viktig døme på dette er auka bruk av bioenergi. Dette vil medverke til å minske utsleppa av klimagassar og dekke opp energibehovet i framtida samtidig som det kan fremme verdiskaping i landbruket. Departementet vil satse sterkare på dette området.

Internasjonale tilhøve

Landbruksdepartementets virkeområde er nær knytt opp til ei rekkje internasjonale prosessar og avtalar. Dette legg rammer for utforminga av mål og verkemiddel innanfor alle dei ulike områda i mat- og landbrukspolitikken; jordbruk, skogbruk, mattryggleik og forsking. Miljøomsyn er integrert i alle desse politikkområda, òg som ein del av internasjonale prosessar og avtalar. Det er ei målsetting å arbeide aktivt internasjonalt for å ta vare på nasjonale interesser og samtidig bidra til framgang i dei internasjonale prosessane.

I forhandlingane om WTO blir det frå norsk side lagt til grunn at det framleis er behov for ein eigen landbruksavtale, som gir medlemslanda tilstrekkeleg handlingsrom til å føre ein aktiv landbrukspolitikk. Dette vil gi grunnlag for eit desentralisert landbruk med variert bruksstruktur i tråd med norske behov. Det må vere mogleg å halde oppe ein landbrukssektor under vanskelege klimatiske tilhøve og ivareta omsyn som ikkje er relaterte til handel - slik som distriktsinteresser, matforsyning, vern av kulturlandskap og omsyn til det biologiske mangfaldet.

Vedtaket frå WTO Ministerkonferansen i Doha i november 2001 gir ikkje grunnlag for å endre på det norske forhandlingsopplegget på jordbruksområdet. Ministervedtaket la opp til ein relativt stram tidsplan. Det er føresett at medlemslanda blir samde om konkrete reduksjonsforpliktingar og nødvendige endringar i gjeldande regelverk innan 31.03.2003. Ut frå ein slik plattform skal medlemslanda innan neste ministerkonferanse i Mexico leggje fram utkast til nasjonale bindingslister innafor dei tre forhandlingsområda eksportsubsidiar, marknadstilgang og internstøtte. Spesiell og differensiert behandling av utviklingsland skal vere integrert i alle delane av forhandlingane. Ein skal ta omsyn til omsyn som ikkje er relatert til handel (NTC) i forhandlingane, som fastsett i landbruksavtalen.

Noreg har lagt stor vekt på å samarbeide med land som har dei same interessene som oss. Dette er mellom anna EU, Japan, Korea og Sveits. Noreg har vore med og arrangert 4 internasjonale NTC-konferansar. Av dei 144 medlemslanda i WTO har i alt 82 utviklings- og industriland delteke på ein eller fleire av dei fire konferansane. Deltakinga på konferansane viser at det er ei auka forståing blant medlemslanda om at omsyn som ikkje er relatert til handel òg må takast omsyn til i arbeidet med å følgje opp Ministervedtaket. I St.prp. 65 (2001-2002) Om jordbruksoppgjøret 2002 og St.meld. nr. 19 (1999-2000) Om norsk landbruk og matproduksjon, jf. òg Innst. S. nr. 167 (1999-2000), er det gjort meir greie for forhandlingsprosessen og norske posisjonar.

Protokoll 3 til EØS-avtala om handel med foredla landbruksvarer blei vedteke hausten 2001 og sett i verk 01.01. 2002. Føremålet med protokoll 3 er å jamne ut forskjellar i råvareprisar mellom EU og EFTA-landa slik at verksemder i EØS-området skal kunne konkurrere på like vilkår for foredla landbruksvarer. Den nye avtala kan for deler av næringsmiddelindustrien kunne medføre auka konkurranse på heimemarknaden. Samstundes blei det og betra høve for eksport for nokre norske produkt. Forhandlingane etter artikkel 19 i EØS-avtala der formålet er utvida handel på jordbruksvarer med EU, blei teken opp att våren 2002. Frå norsk side er målsetjinga for forhandlingane å nå fram til ei gjensidig balansert løysing med omsyn til auka marknadstilgang.

Innanfor ramma av EFTA er det inngått frihandelsavtale med Singapore. Det pågår forhandlingar med Canada, Chile, Egypt og Tunisia, medan forhandlingar med Sør-Afrika vil kunne starte opp i løpet av året. Desse frihandelsavtalene omfattar gjensidige konsesjonar, òg på landbruksområdet.

Når det gjeld mattryggleik er det avgjerande at Noreg i framtida maktar å utvikle regelverket i tråd med den internasjonale utviklinga både når det gjeld ny kunnskap og nye rammevilkår for handel i form av eit forpliktande samarbeid. Ei sterk politisk satsing på dette området internasjonalt, ikkje minst i EU, på grunn av alle matskandalane, gjer at Noreg må anstrenge seg for å halde den gode posisjonen sin på området. EU har sett i verk fleire parallelle endringsprosessar som ein konsekvens av framlegga i kvitboka om matvaretryggleik i 2000. Det skal mellom anna skipast ein mest mogleg felles standard for hygiene i EU-landa og kontrollregelverk for heile matområdet.

Stortinget slutta seg i 1999 til forslaget om å utvide EØS-avtalas vedlegg I - Veterinære og plantesanitære forhold. Det meste av regelverket for mattryggleik, og det gjeld for heile kjeda, er felles for heile EØS-området. Oppfølginga av avtala krev store ressursar. Overvakingsorganet til EFTA (ESA) følgjer opp norske tilsynsorgan både når det gjeld det norske regelverket og med hyppige besøk for å sjå korleis regelverket blir etterlevd. Det er grunn til å tru at ESA i framtida vil styrkje oppfølginga av norske styresmakter både med ettersyn av korleis EØS-regelverket blir tatt inn i norsk rett og korleis regelverket blir etterlevd.

EFTAs overvakingsorgan ESA kjem jamleg ut med ein samanliknande oversikt ("scoreboard") over implementeringa av EØS-regelverket i alle EØS-landa. Noreg har oppnådd ei monaleg forbetring av "scoreboarden" på matvareområdet det siste året.

SPS-komiteen i WTO er eit sentralt forum for internasjonal regelverksutvikling på næringsmiddel- og dyrehelseområdet. Arbeidet i komiteen har etter at SPS-avtalen blei fastsett i 1995, blitt meir politisert. Mange andre land og internasjonale organisasjonar har matvaretryggleik på sin agenda, ikkje minst EU, men òg FAO, OECD og WHO. Det er derfor eit krevjande arbeid å koordinere aktivitetane og utvikle norske posisjonar innanfor det internasjonale arbeidet.

På næringsmiddelområdet er arbeidet innan FN-organet Codex Alimentarius nært knytt opp til arbeidet som skjer nasjonalt. Norsk deltaking i dei viktigaste komiteane i Codex-systemet sikrar ein kontinuerleg oversikt og innspel til globale prinsipp, retningslinjer og standardar som blir nytta av WTO i internasjonale tvistar.

Verdas dyrehelseorganisasjon (OIE) og Den internasjonale plantevernkonvensjonen (IPPC) er viktige forvaltningsfaglege fora for å arbeide fram internasjonale standardar for handel med høvesvis dyr og dyreprodukt og plantar. Noreg har dei siste åra særleg arbeidd for å få fokus på samanhengen mellom god dyrehelse og god folkehelse.

Det internasjonale skogpolitiske arbeidet er ei viktig drivkraft for å sikre ei berekraftig skogforvaltning. Dette arbeidet har direkte verknad for skogbruket og skogindustrien i Noreg og for utforminga av den nasjonale skogpolitikken. Regjeringa legg opp til at Noreg skal medverke aktivt i internasjonal skogpolitikk og medverke konstruktivt til utvikling av berekraftig skogforvaltning globalt. Det er i tillegg viktig å sikre at internasjonale avtaler tek omsyn til norske interesser. Ein aktiv internasjonal innsats frå styresmaktene si side kan også styrke norske interesser og verksemder i utlandet, og samstundes oppmuntre til opparbeiding av internasjonal skogkompetanse som kan vere nyttig nasjonalt. Dei viktigaste prosessane for Noreg er Skogforumet i FN (United Nations Forum on Forests), Ministerkonferansane om trygging av skogane i Europa, FN-konvensjonen om biologisk mangfald og FN sin klimakonvensjon og Kyotoprotokollen. Spørsmål om skogvern og trygging av det biologiske mangfaldet, skogen si rolle i samanheng med klimaendringar, energiproduksjon og berekraftig produksjon og forbruk er sentrale i desse prosessane. Problem knytt til finansiering av tiltak for berekraftig skogforvaltning og internasjonal handel med skogprodukt står òg sentralt. Noreg tek aktivt del i arbeidet internasjonalt og spelar mellom anna saman med dei andre nordiske landa ei viktig rolle i utviklinga av arbeidet på europeisk og globalt plan.

Regjeringa vil òg i 2003 prioritere det nordiske samarbeidet innanfor jord- og skogbrukssektoren høgt, samt det tverrsektorielle samarbeidet om mattryggleik under det nye ministerrådet for jordbruks-, skogbruks-, fiskeri- og næringsmiddelspørsmål.

Gjennom Nordisk genressursråd vil regjeringa delta aktivt for å styrkje det nordiske arbeidet med genressursar og mellom anna leggje vekt på å regulere rettar knytt til dei genetiske ressursane som det nordiske samarbeidet femner om.

Regjeringa ønskjer å ta del i det internasjonale arbeidet under FAO sin kommisjon for genetiske ressursar, følgje aktivt opp arbeidet med å setje i verk den internasjonale traktaten om plantegenetiske ressursar, og mellom anna gjennomføre FN sin konvensjon om biologisk mangfald.

Trua artar og naturtyper i jordbrukslandskapet blir best sikra med ei aktiv og miljøforsvarleg landbruksdrift. Dette er ein føresetnad for å følgje opp internasjonale miljøavtaler.

Innan internasjonalt forskingssamarbeid har EU sitt rammeprogram for forsking og utvikling og nordisk forskingssamarbeid hovudprioritet. Oppfølginga av EU sitt sjette rammeprogram blir ei viktig oppgåve framover.

Reindrifta har i stor utstrekning vore prega av sterke relasjonar og samarbeid på tvers av landegrensene i nordområda. Kontakt og samhandling med andre land om næring, forsking og urbefolkningsspørsmål er derfor naturleg og viktig. Det skal no starte opp forhandlingar med Sverige om ein ny konvensjon om grenseoverskridande reindrift mellom dei to landa.

Utgifter fordelte på kapittel

 

(i 1 000 kr)

Kap.

Nemning

Rekneskap 2001

Saldert budsjett 2002

Forslag 2003

Pst. endr. 02/03

Mat- og landbruksforvaltning m.m.

1100

Landbruksdepartementet (jf. kap. 4100)

135 296

112 773

119 731

6,2

Sum kategori 15.00135 296112 773119 7316,2

Matvarekvalitet, dyrehelse og plantehelse

1107

Statens dyrehelsetilsyn (jf. kap. 4107)

254 380

246 483

294 800

19,6

1110

Statens landbrukstilsyn (jf. kap. 4110)

105 610

116 430

105 661

-9,2

1112

Forvaltningsstøtte, utviklingsoppgåver og kunnskapsutvikling m.m.

172 920

168 776

173 804

3,0

1114

Statens næringsmiddeltilsyn (jf. kap. 4114)

189 283

245 644

230 776

-6,1

Sum kategori 15.10722 193777 333805 0413,6

Forsking og utvikling

1137

Forsking og utvikling

267 620

281 737

298 173

5,8

Sum kategori 15.20267 620281 737298 1735,8

Miljø, areal og næring

1140

Miljø- og næringstiltak i jordbruket

53 705

53 914

54 848

1,7

1142

Miljø- og næringstiltak i skogbruket

149 355

122 475

74 138

-39,5

1143

Statens landbruksforvaltning (jf. kap. 4143)

217 495

161 918

164 736

1,7

1145

Jordskifterettane (jf. kap. 4145)

137 267

135 811

142 967

5,3

1146

Norsk institutt for jord- og skogkartlegging (jf. kap. 4146)

69 144

61 167

65 634

7,3

1147

Reindriftsforvaltninga (jf. kap. 4147)

36 793

33 831

41 834

23,7

1148

Naturskade - erstatningar og sikring

90 206

61 497

90 356

46,9

1150

Til gjennomføring av jordbruksavtalen m.m. (jf. kap. 4150)

11 991 967

12 170 289

11 789 165

-3,1

1151

Til gjennomføring av reindriftsavtalen

122 500

103 000

100 900

-2,0

1161

Statskog SF - forvaltningsdrift

23 163

26 255

23 377

-11,0

2411

Statens nærings- og distriktsutviklingsfond (jf. kap. 5311)

32 100

Sum kategori 15.3012 923 69612 930 15712 547 955-3,0

Forretningsdrift

1170

Statkorn Holding ASA

2 008

Sum kategori 15.40

2 008

Sum programområde 15

14 050 812

14 102 000

13 770 900

-2,3

Sum utgifter

14 050 812

14 102 000

13 770 900

-2,3

Inntekter fordelte på kapittel

 

(i 1 000 kr)

Kap.

Nemning

Rekneskap 2001

Saldert budsjett 2002

Forslag 2003

Pst. endr. 02/03

Mat- og landbruksforvaltning m.m.

4100

Landbruksdepartementet (jf. kap. 1100)

32 465

386

401

3,9

Sum kategori 15.0032 4653864013,9

Matvarekvalitet, dyrehelse og plantehelse

4107

Statens dyrehelsetilsyn (jf. kap. 1107)

24 598

19 902

25 678

29,0

4110

Statens landbrukstilsyn (jf. kap. 1110)

88 606

88 114

88 050

-0,1

4114

Statens næringsmiddeltilsyn (jf. kap. 1114)

180 815

256 413

316 413

23,4

Sum kategori 15.10294 018364 429430 14118,0

Mijjø, areal og næring

4140

Miljø- og næringstiltak i jordbruket

1 415

4143

Statens landbruksforvaltning (jf. kap. 1143)

46 472

22 999

23 896

3,9

4145

Jordskifterettane (jf. kap. 1145)

10 482

12 687

13 182

3,9

4146

Norsk institutt for jord- og skogkartlegging (jf. kap. 1146)

27 815

16 749

17 402

3,9

4147

Reindriftsforvaltninga (jf. kap. 1147)

3 591

1 500

28

-98,1

4150

Til gjennomføring av jordbruksavtalen (jf. kap. 1150)

133 007

122 000

122 000

0,0

4164

Avvikling av Statens Landbruksbank

90 305

5311

Statens nærings- og distriktsutviklingsfond, lån til landbruksformål (jf. kap. 2411)

4 345 086

5545

Miljøavgifter i landbruket

34 875

40 000

40 000

0,0

5571

Totalisatoravgift

96 660

98 000

92 500

-5,6

Sum kategori 15.304 789 708313 935309 008-1,6

Forretningsdrift

5614

Renter av lån til landbruksformål

16 542

5651

Aksjar i selskap under Landbruksdepartementet

12 714

750

750

0,0

5652

Innskottskapital i Statskog SF

6 100

8 500

8 500

0,0

Sum kategori 15.40

35 355

9 250

9 250

0,0

Sum programområde 15

5 151 547

688 000

748 800

8,8

Sum inntekter

5 151 547

688 000

748 800

8,8

Oversikt over bruk av stikkordet "kan overførast"

Under Landbruksdepartementet gjer ein framlegg om å knytte stikkordet til desse postane utanom postgruppe 30-49:

 

(i 1 000 kr)

Kap.

Post

Nemning

Overført til 2002

Forslag 2003

1140

77

Miljøretta prosjektarbeid m.m.

5 329

35 881

1142

71

Tilskott til verdiskapingstiltak i skogbruket

9 325

39 000

1142

76

Ressurs- og miljøtiltak i skogbruket

10 074

18 728

1143

70

Tilskott til beredskap i kornsektoren

0

13 267

1143

71

Omstillingsstøtte til slakteri

729

6 100

1147

71

Omstillingstiltak i Indre Finnmark

3 489

2 145

1148

70

Tilskott til sikringstiltak m.m.

11 732

20 356

1150

70

Marknadsregulering

48 400

246 500

1150

74

Direkte tilskott

281 612

6 744 385

Kap.

Post

Nemning

Overført til 2002

Forslag 2003

1150

77

Utviklingstiltak

207 390

363 060

1150

78

Velferdsordningar

14 102

1 573 854

1151

75

Kostnadssenkande og direkte tilskott

0

48 200

Sum

592 182

9 111 476

Løyvingane under kap. 1140 post 77, kap. 1142 post 76 og kap. 1147 post 71 er støtte til prosjekt som kan strekke seg over fleire år. Kap. 1142 post 71 og kap. 1148 post 70 gjeld tilskott til investeringar med treårig arbeidsfrist. Kap. 1143 post 70 og 71 gjeld utbetalingar som kan falle i to budsjettår. Når det gjeld postane under kap. 1150 og 1151, er dette avtalte beløp mellom staten og næringsorganisasjonane der utbetalingane av ymse grunnar fell i to kalenderår. Avtalane gjeld frå 1.7. eit år til 30.6. året etter.

Til forsiden