St.prp. nr. 1 (2002-2003)

FOR BUDSJETTERMINEN 2003 — Utgiftskapitla: 1100-1161 Inntektskapitla: 4100-4150, 5545, 5571, 5651, 5652

Til innholdsfortegnelse

Del Budsjettframlegg

Programområde 15 Landbruk og mat

Programkategori 15.00 Mat - og landbruksforvaltning m.m.

For å nå regjeringa sine mål for mat- og landbrukspolitikken er det avgjerande å ha ein godt fungerande offentleg sektor med sterk legitimitet.

Landbruksforvaltninga skal leggje til rette for at næringsutøvarane har ei sjølvstendig rolle i produksjon av eit stort mangfald av trygge matvarer og fellesgode.

Mat- og landbruksforvaltninga har tre hovudmålgrupper for si verksemd: borgarar, brukarar og forbrukarar. Borgarrolla dreier seg om demokratiske rettar i samfunnet, deltaking i den politiske prosessen og individet sin rett knytt til samfunnsdeltaking. Brukarrolla dreier seg om forvaltninga sine brukarar som har pliktar eller rettar knytt til departementet sitt forvaltningsområde, til dømes næringsutøvarar, næringsmiddelindustri og matvarekjeder. Forbrukarrolla er knytt til individet si rolle som kjøpar av produkt og tenester og rettar og pliktar som er knytt til dette. Trygg mat som ein menneskerett, reieleg frambod, kvalitet og mangfald er knytt til forbrukarrolla.

Forvaltninga, som er desentralisert med etatar og institusjonar over heile landet, har som hovudmål å gjennomføre og utvikle mat- og landbrukspolitikken på ein måte som gir størst mogleg grad av måloppnåing og tillit hos borgarane, brukarane og næringsutøverane, samstundes som dei tilsette har arbeidsplassar som er utfordrande og utviklande og gir tryggleik og deltaking i arbeidssituasjonen.

Forvaltninga sine ansvarsområde og prioriteringar er òg reflektert i departementet sin verksemdidé:

  • Landbruksdepartementet skal dekkje eit breitt forvaltningsområde gjennom ansvaret for mat- og landbrukspolitikken.

  • Landbruksdepartementet har ansvar for matproduksjon, jordbruk, skogbruk og andre næringar innanfor departementet sitt ansvarsområde med utgangspunkt i nasjonale og internasjonale målsetjingar.

  • Grunnlaget for verksemda og næringspolitikken til departementet er å arbeide på forbrukarane sine premissar og dekkje behova deira.

  • Departementet må ha fokus på produkta, produksjonen og verdiskapinga i heile kjeda frå jord og skog og fram til forbrukarane.

  • Landbruksdepartementet skal sikre forbrukarane trygge matvarer av riktig kvalitet gjennom ein sunn matproduksjon. Tryggleiken til forbrukarane er eit overordna mål for matproduksjonen.

Departementet vil arbeide med utvikling av næringa, næringspolitikken og ressursforvaltninga slik at aksept frå samfunnet blir sikra og slik at ein møter dagens og framtidas behov. Arealressursane skal forvaltast slik at dei gir grunnlag for varig landbruksproduksjon og berekraftig ressursforvaltning. Departementet vil prioritere arbeid med spørsmål om genetiske ressursar både med tanke på bevaring av genetiske ressursar og med tanke på auka tilgang til og auka innsats på verdiskaping med basis i dette ressursgrunnlaget.

Tabell 2.1 viser ei nominell auka i driftsutgiftene på 3,1 pst. i høve til saldert budsjett 2002, medan det er ein nedgang på om lag 2,4 pst. når ein justerer for pris- og lønnsveksten.

Den reelle nedgangen skuldast at omstillingsbehov knytt til etablering av Mattilsynet ikkje inngår i driftsløyvingane til dei tre tilsyna, jf. kap. 1107, 1110 og 1114. Det er viktig å få til ein god omstillingsprosess som òg sikrar tilstrekkeleg framdrift i omstillingsarbeidet. Ut frå desse føresetnadene vurderer regjeringa så langt omstillingskostnadene i 2003 til om lag 100 mill. kr. Landbruksdepartementet vil gjere greie for det samla omstillingsbehovet og framdrifta i arbeidet, samt legge fram løyvingsforslag for 2003 i eit tillegg til St.prp. nr. 1 ( 2002-2003), jf. nærare omtale under kat. 15.10.

Oversikt over utgifter til mat- og landbruksforvaltning (i 1 000 kr)

Kap/post

Verksemd

Saldert budsjett 2002

Framlegg 2003

Pst. endr.

1100/01

Landbruksdepartementet

107 532

111 330

3,4

1107/01

Statens dyrehelstilsyn

186 901

215 082

13,1

1110/01

Statens landbrukstilsyn

116 430

105 661

-9,2

1114/01

Statens næringsmiddeltilsyn

245 644

230 776

-6,4

1143/01

Statens landbruksforvaltning

139 673

145 267

3,8

1145/01

Jordskifterettane

135 811

142 967

5,0

1146/01

Norsk institutt for jord- og skogkartlegging

61 167

65 634

6,8

1147/01

Reindriftsforvaltninga

28 036

35 940

22,0

1 021 194

1 052 657

3,1

Med utgangspunkt i omorganiseringa av den offentlege matforvaltninga legg departementet i budsjettframlegget opp til å organisere såvarelaboratoriet uavhengig av Statens landbrukstilsyn og fase ut regionaliseringsprosjektet i Statens næringsmiddeltilsyn. Dette reduserer utgiftene på kap. 1110 og 1114 med i alt 15 mill. kr.

Det er vidare lagt til grunn at forvaltninga held fram arbeidet for å auke effektiviteten og utvikle e-forvaltningsløysingar.

Auken i løyvinga til Statens dyrehelsetilsyn er knytt til utvidinga av overvakings- og kontrollprogrammet for sjukdom på småfe (TSE). Det er sett av 32 mill. kr til å dekkje kostnadene ved utvidinga, jf. òg omtale under kap. 1107.

Auken i løyvinga til Reindriftsforvaltninga er knytt til oppfølging av vedtak om øvre tal på rein for sommardistrikta i Vest-Finnmark reinbeiteområde.

Status for området, mål og tiltak

1. Ein effektiv landbruksforvaltning

Modernisering, forenkling og effektivisering av mattilsynet

Lovverket og tilsynsstrukturane på matområdet er oppsplitta, komplekse og uoversiktlege. Ved behandlinga av St.prp. nr. 63 (2001-2002) la eit stortingsfleirtal til grunn at det skal etablerast eit felles Mattilsyn for sjøbasert og landbasert matproduksjon, jf. Innst. S. nr. 255 (2001-2002).

Statens næringsmiddeltilsyn, Statens landbrukstilsyn og Statens dyrehelsetilsyn samt Fiskeridirektoratet sitt tilsyn med marine produkt og næringsmiddeltilsynet som i dag blir utført av dei kommunale og interkommunale næringsmiddeltilsyna vil såleis bli samordna i eit nytt statleg tilsyn. Ein tek sikte på å etablere det nye tilsynet frå 2004. Det nye mattilsynet skal sikre eit meir samordna tilsyn og framstå som ein enklare og meir oversiktleg eining for forbrukarane, næringslivet og andre brukargrupper. Samordninga skal gi eit kvalitativt betre og meir effektivt tilsyn og på sikt gi ein effektiviseringsgevinst på minimum 10 pst. Ansvaret for etatsstyringa av det nye tilsynet skal leggjast til Landbruksdepartementet, medan den faglege instruksjonsmyndigheita skal vere fordelt mellom Fiskeridepartementet, Helsedepartementet og Landbruksdepartementet.

Det nye mattilsynet skal organiserast med tre ledd. Eit sentralt ledd, eit regionalt ledd og eit lokalt ledd. Mattilsynet vil få 8 regionar og 50-65 lokalkontor. Hovudkontoret blir lokalisert i Oslo. Hovudkontoret skal ha ei bemanning på omlag 100-120 personar. Dette vil medføre ein vesentleg reduksjon i høve til talet på tilsette som arbeider sentralt i dei tre tilsyna. Det er eit overordna prinsipp at regionkontora i tillegg til koordinering av verksemda lokalt òg skal utføre oppgåver av nasjonal karakter.

Ein tar sikte på at leiar for Mattilsynet skal tilsetjast frå 01.01.2003. I 2003 vil ein oppretta ein interimsadministrasjon for det nye tilsynet. Interimsadministrasjonen skal gjere dei nødvendige førebuingane med sikte på at Mattilsynet kan overta oppgåvene til noverande tilsyn 01.01.2004.

Under behandlinga av St.prp. nr. 63 (2001-2002) la eit fleirtal i Stortinget til grunn at laboratorietenestene skulle organiserast uavhengig av Mattilsynet. Landbruksdepartementet har sett i gang ei utgreiing om korleis desse tenestene skal organiserast. Staten sitt ansvar og rolle i høve til næringsmiddellaboratoria vil bli vurdert ut frå prinsippa som er lagt til grunn i St.prp. nr. 63 (2001-2002).

Ein viser òg til omtale av omorganiseringa av den offentlege matforvaltninga under programkategori 15.10.

Organisatoriske endringar innan landbruksforskinga

Ein internasjonal komité (Carlsson-komiteen) evaluerte i 2001 forsking og relevant høgre utdanning på landbruksområdet, jf. budsjettproposisjonen for 2002. Som ei oppfølging av evalueringa tek departementet sikte på å gjere om Skogforsk til eit aksjeselskap 01.01.2004 der staten i første omgang eig alle aksjane. Departementet foreslår at NILF og Veterinærinstituttet held fram som forvaltningsorgan med særskilde fullmakter. Samtidig går det føre seg eit arbeid med samordning av Planteforsk, Jordforsk og NORSØK til ein organisasjon frå 2004, jf. og kat. 15.20 og kap. 1137.

Forskingsinstitutta med basisløyving frå Landbruksdepartementet har stor kompetanse på sentrale fagområde for havbruksnæringa. Desse institutta har saman med Noregs landbrukshøgskole, Noregs veterinærhøgskole og Matforsk utarbeidd ein felles strategi. Denne strategien vil vere eit viktig grunnlag for departementet sitt vidare engasjement innanfor sektoren og i dialogen med Fiskeridepartementet om forskingssamarbeid.

Omorganisering av jordskifterettane

I Innst. S. nr. 8 (2001-2002) slutta Stortinget seg til framlegget om omorganisering og modernisering av jordskifterettane og jordskifteoverrettane. Storparten av omorganiseringa er gjennomført med verknad frå 31.12. 2001 medan nokre endringar blir gjennomført frå 31.12. 2002. Den siste endringa blir gjort seinast 28.02.2005, jf. omtale under kap. 1145.

Regjeringa oppnemnde 10.10.2000 eit utval på 11 medlemar med forstkandidat Johan C. Løken som leiar. Utvalet fekk i oppdrag å greie ut jordskifterettane si stilling og funksjonar. Utvalet la fram innstillinga si 03.06.2002 (NOU 2002:9 Jordskifterettenes stilling og funksjoner). Innstillinga er på brei høyring med frist 15.10.2002, jf. omtale under kap. 1145.

2. Fokus på borgar, brukar og forbrukar

Forenklingar av dei økonomiske verkemidla over jordbruksavtalen

I St.meld. nr. 19 (1999-2000) og i Innst.S. nr. 167 (1999-2000) er det lagt vekt på at det er nødvendig å gjere tilskottsordningane i jordbrukspolitikken enklare og meir målretta. Fleirtalet i Næringskomiteen var i Innst.S. nr. 167 (1999-2000) merksame på at ei forenkling av verkemidla vil føre til ulike utslag på ulike typar bruk, og la til grunn at partane i jordbruksoppgjeret skulle sørgje for ei gradvis gjennomføring av forenklingane gjennom dei årlege jordbruksforhandlingane.

Ordningane som blir finansiert over jordbruksavtala har utvikla seg over ein lang periode. Noko av årsaka til det komplekse verkemiddelsystemet er at dei årlege jordbruksoppgjera opnar for hyppige endringar i verkemiddelbruk og rammevilkår. Kompleksiteten har òg ei historisk forklaring fordi ordningane er etablert og utvikla over tid.

Avtalepartane blei ved jordbruksforhandlingane i 2001 samde om eit mandat for gjennomgangen av verkemiddelbruken med tanke på forenkling og målretting der hovudansvaret for utreiinga blei lagt til Norsk Institutt for landbruksøkonomisk forsking (NILF). NILF sin rapport Landbrukspolitikk - forenklingog målretting (FOLA 2002) har gitt eit godt grunnlag for partane sine vurderingar ved forhandlingane i år 2002.

På grunnlag av dette har avtalepartane halde fram ein oppdeling av verksemda over jordbruksavtalen etter hovudmål, jf. omtale under kap. 1150.

Utforming av handlingsplan for mindre næringsmiddelbedrifter

På oppdrag frå Landbruksdepartementet har SND innanfor verdiskapingsprogrammet for matproduksjon sett i gang arbeid med å utforme ein handlingsplan for mindre næringsmiddelverksemder. Måla med handlingsplanen er å:

  • identifisere hindringar og flaskehalsar som medverkar til å hindre oppstart og drift av mindre næringsmiddelverksemder,

  • utvikle samarbeidskonstellasjonar mellom offentlege instansar og mindre næringsmiddelverksemder som vil tilrettelegge for bedriftsetablering.

Handlingsplanen er planlagt ferdigstilt i februar 2003 slik at han kan nyttast i førebuingane til jordbruksoppgjeret 2003.

Forenkling av lover og forskrifter

Det er sett i gang arbeid med forenkling av husdyrkonsesjonsloven med tilhøyrande regelverk. Målet med revideringa av husdyrkonsesjonsregelverket er å forenkle regelverket og gjere det meir brukarvennleg, få ein betre regelstruktur, redusere ressursbruken for forvaltninga, oppdatere reglane i høve til den utviklinga som har funne stad i husdyrproduksjonen og auke fleksibiliteten for produsentane/dei næringsdrivande.

Departementet har med verknad frå 01.07.2002 fastsette nye forskrifter for produksjonstilskott (direkte tilskott) som inneber relativt monalege forenklingar ikkje minst i form av at talet på forskrifter samt innhald og omfang blei redusert monaleg frå 12 til 1. Vidare blei det opna for at plante- og husdyrproduksjon no kan organiserast i ulike selskapsformer og likevel få rett på produksjonstilskotta.

Ein tek sikte på at forslag til ny konsesjonslov blir lagt fram for Stortinget i vårsesjonen 2003. Det vil bli foreslått endringar i konsesjonsplikta sitt omfang for eigedommar med sikte på å auke konsesjonsfridomen.

Det er sett i gang eit arbeid med revisjon av skogloven som vil kunne innebere forenklingar for næringslivet i høve til færre forskrifter og enklare regelverk.

Eit forslag til endringar i reindriftsloven har vore på høyring. Departementet tek sikte på å fremme ein proposisjon så snart som mogleg. I dette arbeidet ser ein det som viktig å oppnå forenklingar og at loven fungerer på ein god måte i høve til næring og forvaltning.

Nye arbeidsformer - kommunikasjon rundt mat- og landbrukspolitikken

Det er viktig at Landbruksdepartementet har god kjennskap til tilhøve og utvikling på andre samfunnssektorar. Likeins må Landbruksdepartementet kjenne til kva for kunnskap og haldningar som gjer seg gjeldande i høve til mat- og landbruksområdet. Det blir derfor jamnleg gjennomført ulike undersøkingar og granskingar (omverdsanalyser), samtidig som departementet i sitt arbeid legg vekt på å ha brei kontakt til ulike miljø og samfunnssektorar.

For å styrkje den direkte kommunikasjonen med forbrukarane vil Landbruksdepartementet i 2003 opprette 7 matpolitiske forbrukarpanel med 6-8 medlemmar knytt til Forbrukerrådet sitt regionkontor i Tromsø, Bergen, Steinkjer, Gjøvik, Oslo og Skien og Kristiansand. Panela skal diskutere viktige matpolitiske saker og gi råd til styresmaktene. Dialogen med forbrukarane gjennom desse undersøkingane, skal gi kunnskap om forbrukarane sine holdningar og ønskjer.

Kommunikasjon av risiko knytte til mat til forbrukarane er framleis eit prioritert område. Landbruksdepartementet vil utvikle og gjennomføre kurs i risikokommunikasjon på norsk og Nordisk nivå og vere ein pådrivar for at norske mat- og landbruksstyresmakter har høg kompetanse om og praktiserer god risikokommunikasjon.

Elektronisk forvaltning og effektivisering ved hjelp av IKT

Landbruksdepartementet vil leggje til rette og vere ein pådrivar for utforming av nettbasert informasjon og elektronisk saksbehandling. Følgjande tiltak innanfor mat- og landbruksforvaltninga er prioritert:

  • Utvikling av IKT-løysingar som forenklar søknadsbehandlinga av tilskott og effektiviserer forvaltningssystema. Det er viktig å utvikle løysingar som gir ein enklare søknadsprosess. Vidare er det nødvendig å forenkle og samordne arbeidsprosessar knytt til ulike tilskott og få til ein enklare administrasjon på tvers av forvaltningsnivåa, jf. nærare omtale under kap. 1143.

  • Auke ressursar knytt til ajourhald av digitale markslagskart, mellom anna ved hjelp av flyfoto, for å betre kvaliteten på karta slik at dei kan nyttast i forvaltning av dei arealbaserte tilskotsmidlane i jordbruket.

  • Betre tilgang til digitale kartdata gjennom distribusjon over Internett, både til den enkelte næringsutøvar i landbruket og til offentleg forvaltning. Det er særleg viktig å gi kommunane lettare tilgang til kart over arealressursar i landbruket når dei får auka myndigheit i lov- og tilskottsforvaltning. Oppfølginga føreset samarbeid på tvers av departement og institusjonar.

  • Utvikle og drive ein felles portal for trygg mat der borgarane kan finne oppdatert informasjon. Portalen skal òg fungere som ein inngang for elektroniske forvaltningsløysingar i det framtidige mattilsynet retta mot brukarar og næringslivet.

3. Styrking av lokaldemokratiet på landbruksområdet

For å få ei best mogleg tilpassing av dei nasjonale verkemidla i landbruket, skal kommunane i større grad bli ein aktiv landbrukspolitisk aktør, gjennom desentralisering av meir myndigheit og ansvar for gjennomføring av landbrukspolitikken, jf. St.meld. nr. 19 (2001-2002) Nye oppgaver for lokal demokratiet - regionalt og lokalt nivå og Innst. S. nr. 268 (2001-2002). Gjennom denne reformen skal kommunane få auka handlingsrom, og det skal leggjast til rette for eit forsterka lokaldemokrati på landbruksområdet. Oppgåver som er egna for lokalpolitisk skjønn skal overførast frå Fylkesmannen og fylkeslandbruksstyret på landbruksområdet frå 01.01.2004. Dette gjeld både oppgåver knytt til juridiske og økonomiske verkemiddel. Målet med reformen er å stimulere til lokal forankring, forståing og aksept for viktige landbrukspolitiske målsetjingar.

Kommunane er tillagt myndigheit i saker etter jordlova, skogbrukslova, odelslova og konsesjonslova. Alle konsesjons- og delingssaker vil no bli desentralisert til kommunane. Basert på tal frå perioden 1996-1999 utgjer dette samla sett om lag 7 000 saker pr. år. Vidare er bortimot alle vedtak i saker etter skogbrukslova desentralisert til kommunane med unntak av vedtaksmyndigheit knytt til vernskoggrensene. Fylkeslandbruksstyret skal vere klageorgan for dei vedtak kommunane gjer i saker etter desse lovane.

Myndigheit innanfor ein del av dei økonomiske verkemidla vil bli desentralisert til kommunane. Dette gjeld dei miljøretta verkemidla under Landbrukets utviklingsfond (LUF) og skogmidla under LUF som er retta direkte mot skogeigarane.

Det er nødvendig å bruke meir tid på å vurdere ulike forvaltningsmodellar for fordeling av dei økonomiske verkemidla på landbruksområdet. Modellane vil inkludere vurderingar frå Fylkesmannen med omsyn til fordeling og bruk av midla for å fange opp både regionale og årlege endringar. Det skal startast opp eit utviklingsarbeid som skal ha som målsetting å få fram og vurdere slike modellar. Kommunane, statleg regional forvaltning, næringsorganisasjonar og FOU-miljø vil bli trekt aktivt med i dette arbeidet.

Desentraliseringa av enkeltsaker til kommunane vil endre Fylkesmannen sin rolle innan landbruksområdet. Fylkesmannen skal likevel framleis ha eit hovudansvar for gjennomføringa av den nasjonale landbrukspolitikken både med omsyn til formidling av statleg politikk, som regionalt kompetanse- og pådrivarmiljø og når det gjeld kontroll og kvalitetssikring av aktiviteten i kommunane, jf. St. meld. nr. 19 (2001-2002), St.prp. nr. 1 (2002-2003) for Arbeids- og administrasjonsdepartementet og dei aktuelle fagkapitla.

Frå og med 2002 blei midlar til landbrukskontora i kommunane innlemma i inntektssystemet for kommunane gjennom overgangsordninga. I samband med desentraliseringa av oppgåver til kommunane på landbruksområdet skal kriteria i inntektssystemet for kommunane endrast slik at det blir ein god samanheng mellom tildeling av midlar og oppgåvemengda i kommunane, jf. St.meld. nr. 19 (2001-2002) og Kommuneproposisjonen for 2003. Regjeringa vil komme tilbake til den praktiske gjennomføringa av reformen i samband med kommuneproposisjonen for 2004.

4. Ein inkluderande og stimulerande personalpolitikk

Landbruksdepartementet har gjennom fleire år arbeidd målretta med leiarutvikling. Ein har lagt vekt på å sjå leiarutviklinga i samanheng med omstillinga som mat- og landbruksforvaltninga no gjennomgår m.o.t. roller og oppgåver. I arbeidet for å auke leiarkompetansen nyttar ein òg ymse andre verkemiddel, som leiarkontraktar, resultatlønn, leiarevalueringar og haldningsarbeid for å styrke leiarkompetansen i departementet og forvaltninga.

Departementet har utforma ein handlingsplan for å få fleire kvinnelege leiarar i mat- og landbruksforvaltninga. Dette vil vere eit prioritert område frametter.

Ei vellukka omstilling i mat- og landbruksforvaltninga vil vere tufta på motivasjonen og innsatsen til dei tilsette. I departementet har det blitt gjennomført ein brei og omfattande strategi- og omorganiseringsprosess der alle tilsette har medverka. Fokus har mellom anna vore på departementet sin legitimitet, kompetanse, organisering og leiing. Resultata vil vere førande for leiarane si prioritering av tilgjengelege ressursar, korleis arbeidsoppgåvene blir utført og korleis departementet står fram i høve til oppdragsgivarar, samarbeidspartar, borgarane, næringslivet og brukargrupper elles.

Økonomiregelverket i staten

I 1996 blei det fastsett nytt økonomireglement for staten og nærare reglar (funksjonelle krav) for oppfølginga av reglementet. Siktemålet med regelverket var å styrkje økonomiforvaltninga ved m.a.:

  • meir forpliktande mål- og resultatstyring

  • betre styringssystem og -dialog

  • modernisering av betalingsformidlinga og rekneskapsføringa i staten

  • betre og dokumenterte oppfølgings- og kontrollrutinar

Landbruksdepartementet og underliggjande verksemder har i lang tid arbeidd med å innarbeide krava som er sette for rekneskapsføring, betalingsformidling, styring og oppfølging av verksemdene og tilskottsløyvingane. På dei fleste områda er arbeidet med innføring av nye system og rutinar sluttført. Arbeidet vidare vil særleg utgjere oppdatering og utvikling av system og rutinar for å gjere økonomistyringa meir effektiv. Departementet tek òg del i arbeidet som Finansdepartementet leier for å gjere regelverket smidigare og enklare å administrere.

Når det gjeld forvaltninga av statlege tilskott, set regelverket ei rekkje krav. Den store ulikskapen mellom dei mange statlege tilskottsordningane har likevel gjort at det ikkje har vore mogleg å fastsette eit regelverk som høver til alle ordningane. Innanfor Landbruksdepartementet sitt område har det derfor vore nødvendig med ei rekke større og mindre tilpassingar for at forvaltninga av ordningane skal vere rimeleg effektiv. Dei viktigaste tilpassingane gjeld særleg i høve til korleis ein måler resultat og effektar av ordningane. Dette har departementet ved fleire høve orientert Stortinget om, seinast i St.prp. nr. 1 (2001-2002) for Landbruksdepartementet, side 31 - 33, jf. òg St.prp. nr. 67 (1997-98) kap. 4.

Kap. 1100 Landbruksdepartementet (jf. kap. 4100)

 

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2001

Saldert budsjett 2002

Forslag 2003

01

Driftsutgifter

117 243

107 532

111 330

45

Store utstyrskjøp og vedlikehald - ordinære forvaltningsorgan , kan overførast, kan nyttast under kap. 1100 post 50

14 972

4 741

7 894

50

Store utstyrskjøp og vedlikehald - forvaltningsorgan med særskilde fullmakter

2 831

200

207

70

Tilskott til drifta av Staur gard

250

300

300

Sum kap 1100

135 296

112 773

119 731

Mål og strategiar

Landbruksdepartementet har ansvar for å følgje opp dei retningslinjene som Stortinget og regjeringa gir for mat- og landbrukspolitikken. Ansvarsområdet til departementet er matpolitikk, jordbruk, skogbruk, reindrift, husdyrhald, helseforholda i oppdrettsnæringa, ressursvern og utvikling av nye landbruksbaserte næringar. Departementet er ein viktig premissleverandør når det gjeld forbrukarspørsmål og spørsmål om miljø, arealplanlegging, kulturvern, distriktsutbygging og utanrikshandel.

Strategiane for Landbruksdepartementet er å:

  • utvikle og sikre eit fagleg grunnlag for politiske avgjerd i mat- og landbrukspolitikken

  • kommunisere mat- og landbrukspolitikken aktivt for å få samfunnsmessig tilslutning og politisk gjennomslag

  • målrette og kommunisere økonomiske og juridiske verkemiddel og påverke internasjonalt for å ivareta nasjonale interesser best mogleg

  • utvikle og forbetre system for kontroll og kvalitetssikring i verdikjedene

  • imøtekomme forbrukarane sine preferansar på matområdet gjennom innverknad på mat- og landbrukspolitikken

  • skape samanheng og samspel mellom forsking, planlegging, verkemiddel og forvaltning, og å utvikle kvart av desse områda vidare

  • avklare roller og funksjonar i departementet sitt samspel med andre offentlege og private aktørar.

Som eit politisk sekretariat er det ein føresetnad at departementet har ein fleksibel organisasjon. Departementet vil derfor nytte dei verkemidla som er nedfelte i St.meld. nr. 35 (1991-1992) Om statens forvaltnings- og personalpolitikk, St.meld. nr. 19 (1999-2000) og dei mål og prinsipp som arbeids- og administrasjonsministaren presenterte for Stortinget i sin forvaltningspolitiske utgreiing 24.01.2002, "Fra ord til handling" .

Departementet har med basis i ein strategi- og oppgåvegjennomgang gjennomført ei omorganisering av verksemda. Målet har vore å reindyrke rollene på mattryggleik, næringsutvikling og langsiktig ressursutnytting. Omorganiseringa skal òg gjere departementet meir effektivt, fleksibelt og tilpassa oppgåveporteføljen samstundes som ein reindyrkar rolla som politisk sekretariat. Delegering av oppgåver til underliggjande verksemder blir vurdert fortløpande. I tillegg søker ein å finne meir effektive arbeidsformer i departementet.

Departementet har arbeidd medvete for å auke delen kvinnelege leiarar. I dag er 40 pst. av leiarane i departementet kvinner.

Ein stor og aukande del av departementet si verksemd er knytt til internasjonale avtaler og prosessar som t.d. EØS-avtalen, WTO-avtalen og internasjonalt skogpolitisk arbeid. Det er derfor nødvendig å leggje auka vekt på dei internasjonale oppgåvene. I tillegg vil departementet prioritere ei auka satsing for å møte utfordringane på miljøområdet. Samstundes vil departementet sitt auka fokus på mattryggleik, m.a. ved etablering av Mattilsynet, medføre auka ressursinnsats.

Resultatrapport 2001

Landbruksdepartementet viser til statusomtalene under programkategoriane. Mange av dei resultata som er omtalte der, er knytt til verksemd som Landbruksdepartementet har tatt initiativ til og tatt del i.

Budsjettforslag 2003

Post 01 Driftsutgifter

Landbruksdepartementet skal dekkje eit breitt forvaltningsområde gjennom sitt ansvar for mat- og landbrukspolitikken. Posten dekkjer dei ordinære driftsutgiftene til Landbruksdepartementet.

Post 45 Store utstyrskjøp og vedlikehald - ordinære forvaltningsorgan

Løyvinga kan nyttast til delfinansiering av store nyinnkjøp og ekstraordinært vedlikehald ved ordinære forvaltningsorgan under departementet. Løyvinga kan òg nyttast til store nyinnkjøp i departementet.

Departementet føreset at ordinært vedlikehald og mindre innkjøp blir dekt over dei ordinære løyvingane til verksemdene. Løyvinga for 2002 er nytta til opprusting av Staur gard og Sikkilsdalseter og til planleggingskostnader for fase 2 av renoveringa av Fellesbygget på Ås.

Verksemder under departementet forvaltar eigedomar og disponerer ein stor bygningsmasse. I einskilde tilfelle kan det vere aktuelt å selje festetomter, areal til utbyggingsformål, veggrunn m.m. Ein gjer framlegg om at Landbruksdepartementet kan selje innkjøpt og opphavleg statseigedom for inntil 5 mill. kr, jf. forslag til vedtak V.

Departementet gjer vidare framlegg om at inntekt frå sal kan nyttast til ombygging og ekstraordinært vedlikehald av bygningsmassen som verksemdene disponerer. Ein gjer òg framlegg om at unytta meirinntekt frå sal av eigedom kan reknast med ved utrekning av beløp som kan overførast på posten, jf. forslag til vedtak II.

Post 50 Store utstyrskjøp og vedlikehald - forvaltningsorgan med særskilde fullmakter

Løyvinga kan nyttast til delfinansiering av store nyinnkjøp og ekstraordinært vedlikehald ved forvaltningsorgana under departementet som får løyvd midlar over 50-postar. Departementet føreset at ordinært vedlikehald og mindre innkjøp blir dekt over løyvingane til verksemdene på kap. 1112, 1140, og 1142. Løyvinga for 2002 er nytta til vidareutvikling av Høgde 96-anlegget til Svanhovd miljøsenter i Sør-Varanger.

Post 70 Tilskott til drift av Staur gard

Staur gard har vore i statleg eige sidan 1960 og fram til 1995 då garden blei overført til Statkorn Holding AS. Frå 01.07.2001 blei garden ført attende til Landbruksdepartementet frå Cermaq ASA (tidlegare Statkorn Holding AS). Samtidig stifta Landbruksdepartementet eit heileigd driftsselskap, Staur Gård AS, for å stå for driften av eigedommen. Det statlege eigarskapet skal sikre vidare bruk av garden til forsking og utvikling, møteverksemd og representasjon.

I samband med at bygningsmassen må rustast opp for å vere tenleg for kursverksemd m.m., vil det vere redusert drift dei første åra. Departementet gjer derfor framlegg om ei løyving på 300 000 kr under posten som driftstilskott til Staur Gård AS. Departementet dekker elles kostnader med opprustinga av garden over kap 1100 post 45.

Kap. 4100 Landbruksdepartementet (jf. kap. 1100)

 

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2001

Saldert budsjett 2002

Forslag 2003

01

Refusjon og gebyr

192

386

401

16

Refusjon, fødselspengar/adopsjonspengar

1 539

17

Refusjon lærlinger

38

18

Refusjon sjukepengar

1 905

40

Sal av eigedom

131

90

Innfridd panteobligasjon

19 225

91

Salg av aksjer

9 434

Sum kap 4100

32 465

386

401

Post 01

Posten omfatter inntekter frå ymse refusjonar

Programkategori 15.10 Matvaretryggleik, matvarekvalitet, dyrehelse og plantehelse

Utgifter under programkategori 15.10 fordelte på kapittel

 

(i 1 000 kr)

Kap.

Nemning

Rekneskap 2001

Saldert budsjett 2002

Forslag 2003

Pst. endr. 02/03

1107

Statens dyrehelsetilsyn (jf. kap. 4107)

254 380

246 483

294 800

19,6

1110

Statens landbrukstilsyn (jf. kap. 4110)

105 610

116 430

105 661

-9,2

1112

Forvaltningsstøtte, utviklingsoppgåver og kunnskapsutvikling m.m.

172 920

168 776

173 804

3,0

1114

Statens næringsmiddeltilsyn (jf. kap. 4114)

189 283

245 644

230 776

-6,1

Sum kategori 15.10

722 193

777 333

805 041

3,6

Inntekter under programkategori 15.10 fordelte på kapittel

 

(i 1 000 kr)

Kap.

Nemning

Rekneskap 2001

Saldert budsjett 2002

Forslag 2003

Pst. endr. 02/03

4107

Statens dyrehelsetilsyn (jf. kap. 1107)

24 598

19 902

25 678

29,0

4110

Statens landbrukstilsyn (jf. kap. 1110)

88 606

88 114

88 050

-0,1

4114

Statens næringsmiddeltilsyn (jf. kap. 1114)

180 815

256 413

316 413

23,4

Sum kategori 15.10

294 018

364 429

430 141

18,0

Status

Arbeidet innanfor området matvarekvalitet, dyrehelse og plantehelse er lagt opp slik at ein sikrar kvaliteten på sluttprodukta gjennom innsats i kvar del av matvarekjeda.

I tillegg til ei særskilt omtale av Mattilsynet tek omtalen under for seg status for dei ulike hovudområda som er delt opp i produksjon, plantehelse, plantevernmiddel, dyrevelferd, dyrehelse og mattryggleik.

Nytt mattilsyn

Regjeringa arbeider med etablering av eit nytt mattilsyn med grunnlag i Stortinget si behandling av saka i samband med revidert nasjonalbudsjett 2002, jf. St.prp. nr. 63 (2001-2002) og Innst. S. nr. 255 (2001-2002). Regjeringa vil følgje opp Stortinget sin føresetnad om at det skal etablerast eit felles mattilsyn for landbasert og sjøbasert matproduksjon og i tillegg gi ei samla framstilling av hovudtrekka i den framtidige matforvaltninga i eit tillegg til St.prp. nr. 1 (2002-2003) etter at spørsmål har vore på brei høyring. I framlegget vil ein gjere greie for mål og oppgåver for eit nytt felles tilsyn og andre forhold som vedrører Mattilsynet sine rammer og innhald, mellom anna ei ny matlov og ein ny vitskapskomité. Det vil òg bli orientert om arbeidet med utvikling av ny laboratoriestruktur.

Tilsyna, som etter planen skal overføre oppgåver til det nye Mattilsynet 1.1.2004, vil arbeide som eigne ansvarlege einingar i 2003. Ein legg i budsjettframlegget derfor ikkje opp til endringar i prinsippa for styring og budsjettering av tilsyna i høve til 2002, jf. kap. 1107, 1110 og 1114.

Etableringa av Mattilsynet byr på store endringar, mellom anna når det gjeld personell, infrastruktur og eigarskap. Omstillingsarbeidet vil starte opp i 2003 og gå over fleire år. Det er viktig å få til ein god prosess som sikrar tilstrekkeleg framdrift slik at målsetjingane med reformen blir nådd. Ut frå desse føresetnadene vurderer regjeringa omstillingskostnadene i 2003 til om lag 100 mill. kr. Landbruksdepartementet vil gjere greie for det samla omstillingsbehovet og framdrifta i arbeidet, samt legge fram løyvingsforslag for 2003 i eit tillegg til St.prp. nr. 1 ( 2002-2003).

Produksjon

Landbruksdepartementet legg vekt på at kvaliteten på innsatsvarene i matproduksjonen skal vere med på å sikre forbrukarane helsemessig trygge matvarer av god kvalitet.

Organisk avfall er ein ressurs som må utnyttast slik at omsyn til så vel miljø som plante-, dyre- og folkehelse blir teke vare på. Landbruksdepartementet og Miljøverndepartementet har saman med ulike organisasjonar i jordbruket og avfallsbransjen etablert eit 5-årig program (2000-2004) (ORIO) for auka omsetning av produkt basert på våtorganisk avfall og slam. Programmet skal medverke til å utløyse det potensialet som finst for auka bruk av dette avfallet til eit breitt spekter av formål, som fôr, gjødsel, jordforbetringsmiddel, energi eller liknande. Det er sett av midlar til programmet over kap. 1150.

Regelverket for økologisk landbruksproduksjon er tilpassa EU sitt nye regelverk for økologisk husdyrhald. Som følgje av dei verkemidla som er sette inn for å nå målsettinga om at 10 pst. av jordbruksarealet skal drivast økologisk innan 2010, jf. St.meld. nr. 19 (1999-2000) og Innst. S. nr. 167 (1999-2000), er det no ei sterk auke i talet på produsentar av økologiske landbruksprodukt. Tilsynet må byggjast opp og effektiviserast i takt med dette.

Plantehelse

I 1999 starta Landbruksdepartementet ei større satsing for å sikre og heve standarden på norsk plantehelse, basert på førebyggjande tiltak og tilsyn med nøkkelledd i produksjonen. Med auka løyvingar fram til 2002 er satsinga no oppe i 20 mill. kr. Hovudelementet i satsinga er oppbygging av eit system for innanlands produksjonskontroll, basert på dei same hovudprinsippa som gjeld i EU. Systemet inneber at det blir stilt krav til produsentane om sikringstiltak i produksjonen og handtering av plantemateriale, og at det blir ført offentleg tilsyn med dette. Elles legg ein opp til å styrkje generell overvaking av farlege planteskadegjerarar, og å føre optimalt tilsyn med den stadig aukande importen.

Plantevernmiddel

Handlingsplan for å redusere helse- og miljørisikoen ved bruk av plantevernmiddel for perioden 1998-2002 er ført vidare med midlar avsette i dei årlege jordbruksoppgjera. For 2003 er det sett av 17 mill. kr til oppfølging av handlingsplanen.

Regjeringa arbeider med ein ny handlingsplan, jf. St.prp. nr. 65 (2001-2002). Satsinga inneber gjennomføring av ei rekkje tiltak og verkemiddel, inkludert miljøavgift på plantevernmiddel differensiert etter helse- og miljørisiko. Samla sett skal dette gi ei ønskt utvikling i retning av minst mogleg risikofylt bruk av plantevernmiddel.

I regi av Nordisk Ministerråd er det sett i gang eit nordisk utgreiingsprosjekt med sikte på å fremje forslag til samanknytting av dei nordiske landa sine handlingsplanar for redusert risiko/bruk av plantevernmiddel. Samarbeidet skal styrkje og effektivisere det nasjonale arbeidet gjennom utveksling av kunnskap, erfaring og kompetanse, og medverke til ei styrkt fellesnordisk plattform i internasjonalt arbeid.

Dyrevelferd

Rovdyr i utmark der bufe beiter opptek mange dyrevernnemnder. Dette temaet blir omhandla i ei melding til Stortinget om dyrehald og dyrevelferd som blir lagt fram hausten 2002.

Det er gjort enkelte forbetringar når det gjeld dyrevern i samband med slakteriverksemd.

Dyrevernlova er endra når det gjeld kastrering av gris. Frå 01.08.2003 skal gris svevast ned ved kastrering, og frå 2009 blir all kastrering av gris forbode. I både høve vil det vere nødvendig med auka forskingsinnsats. Det vil vere viktig å finna fram til løysingar som gjer at ein så raskt som mogleg kan slutta å kastrere gris.

Dyrevern er òg regulert av internasjonale avtaler i EØS og Europarådet. Dyrehelsetilsynet tek mellom anna del i Europarådet sitt arbeid for å iverksetje standardar for dyrevern ved oppdrett av fisk. EU har vedtatt eit forbod mot hald av eggleggjande høner i tradisjonelle bur frå 2012. Den norske forskrifta som blei vedteken 12.12.2001, set strengare krav til arealet i dei nye miljøbura enn det EU har fastsett. I tillegg inneheld forskrifta krav til produksjon av slaktekylling og kalkun.

Dyrehelse

Det er ikkje påvist alvorlege smittsame sjukdommar i kommersielle dyrehald i 2001.

Overvakings- og kontrollverksemda knytt til sjukdom i husdyrhald og hos akvakulturdyr er i hovudsak ført vidare på same nivå som i fjor. Resultata syner at helsetilstanden til akvatiske dyr og landdyr er jamt over god, sjølv om einskilde sjukdomar førar til produksjonstap hos dyreeigarane. Dette er òg viktig i samband med det arbeidet som er gjennomført for å redusere bruken av antibiotika i norske dyrehald.

Når det gjeld helse hos viltlevande dyr, er truleg trusselen Gyrodactylus salaris utgjer i høve til atlantisk laks den mest alvorlege.

Arbeidet med oppfølging av internasjonale avtalar krev store ressursar.

I samband med forslaget i Dok nr. 8:61 (1998-1999) og Innst. S. nr. 36 (1999-2000) O m erstatningsreglar etter fiskesjukdomslova har Landbruksdepartementet sett ned ei arbeidsgruppe med deltakarar frå Finansdepartementet, Fiskeridepartementet, Landbruksdepartementet og næringa. Arbeidsgruppa skal sjå nærare på ulike løysingar. Eit framlegg frå arbeidsgruppa kan ventast i 2003. Regjeringa vil kome attende til Stortinget med saka.

Mattryggleik

Hovudelementa i strategiane dei seinare åra når det gjeld å medverke til trygge matvarer for forbrukarane har blitt ført vidare. Avgjerande føresetnader for dette har vore å etablere og vedlikehalde overvakings- og kontrollprogram. Vidare er dokumentasjonen av ulike helseparametre blitt ført vidare for å betre kontrollsystema og styrke Noreg sin handelssituasjon med omsyn til import og eksport. Den relativt gunstige situasjonen tener til å hindre uønskt import med omsyn til helse og til å fremme produksjon av norske kvalitetsvarer som kan vere konkurransedyktige. Nyskaping, mangfald og verdiskaping knytt til produksjon av matvarer er nærare omtala i kat. 15.30.

Noreg har òg arbeidd for å auke forbrukarane sin innverknad i internasjonale fora som CODEX Alimentarius og OIE (Verdas dyrehelseorganisasjon) og FAO (FNs ernærings- og jordbruksorganisasjon).

For at matvarene skal vere trygge for norske forbrukarar er det òg viktig at matvarer produserte i utlandet er tilfredsstillande med omsyn til helse. Det er tilsvarande viktig at internasjonale standardar for produksjon og handel held eit høgt nivå. Det internasjonale arbeidet frå norsk side innan EØS-samarbeidet og CODEX Alimentarius m.fl. har derfor blitt styrkt. EU kommisjonen har sett inn store ressursar i dette arbeidet, fatta ei rekkje nye vedtak og fremma forslag til nye forordningar på matområdet som har kravd store ressursar i oppfølging og gjennomføring.

I 2002 har Noreg hatt formannskapet i Nordisk ministerråd. I samband med dette har Ministerrådet slutta seg til framlegg frå Noreg i å styrke arbeidet med ei nordisk plattform for internasjonalt arbeid, ein nordisk handlingsplan for forbrukarorientering, nordisk forsking og arbeid med genressurar.

Mål og tiltak

Mål

Eit av tre hovudelement i mat- og landbrukspolitikken er å sikre forbrukarane trygge matvarer (norskproduserte og importerte) av riktig kvalitet gjennom ein sunn matproduksjon. Dei overordna måla og strategiane på dette området er omtalt i St.meld. nr. 40 (1996-97) og i St.prp. nr. 19 (1999-2000) .Delmåla er omtalt i pkt. 1.3 i innleiinga.

Matproduksjonen er ein kompleks biologisk produksjon der ulike risikofaktorar kan kome inn i produksjonen langs heile matvarekjeda. Dette syner dei dramatiske hendingane i Europa dei siste åra med påvising av kugalskap, utbrot av munn- og klauvsjuke og dioksinskandale. Skal ein òg framover nå målsetjingane om trygg mat og tillit hos forbrukarane må det satsast på tiltak som tek sikte på å auke kunnskapen om risikofaktorane og korleis desse kan kontrollerast. Det må òg satsast på forenklingar og å sikra ein open og reieleg kommunikasjon med forbrukarane.

Tiltak

Landbruksdepartementet gjer framlegg om ei samla løyving under programkategori 15.10 på 805 mill. kr.

Framlegget til driftsløyvingar på kap. 1107, 1110 og 1114 skal dekkje den løpande tilsynsverksemda til SDT, SLT og SNT, som frå 2004 blir del av det nye mattilsynet. Midlar knytt til omstillingsbehov i samband med opprettinga av Mattilsynet er ikkje innarbeidd i framlegget, jf. òg omtale i kat. 15.00 og lenger fram i kat. 15.10.

Budsjettframlegget inneber ei auka innsats knytt til særskilde tiltak på matområdet med 57 mill. kr, jf. omtalen nedanfor.

Dyrehelse

Etter venta vedtak i EØS-komiteen hausten 2002 vil Råds og parlamentsforordning 999/2001 om overvaking og nedkjemping av TSE, med seinare endringar, bli gjort gjeldande for Noreg gjennom EØS-avtalen. Konsekvensen for Noreg er ei utviding av omfanget av overvakinga, av BSE (kugalskap) i storfe og skrapesjuke hos småfe. Det er sett av 55,3 mill. kr til dette arbeidet i 2003, dette er ei auke på 32 mill. kr i høve til budsjettet for 2002, jf. St.prp. nr. 1 (2001-2002).

Overvakings- og kontrollprogram er ein føresetnad for å kunne krevje tilleggsgarantiar og vil dermed kompensere for auka risiko i samband med auka innførsel av levande akvakulturdyr i samband med utløp av overgangsordningar. Dette medverkar til å førebygge store tapsbringande sjukdomsutbrot. I tillegg vil den norske helsestatusen kunne dokumenterast og marknadstilgangen for norsk eksport av levende fisk og kjønnsprodukt sikrast.

Det blir satsa på nye arter i oppdrett der dei mest aktuelle i dag er torsk, kveite og kråkebollar. Kompetansen på dei nye artane må byggast opp, både for å gi fagleg grunnlag for forvaltninga sine vedtak og for å hindre tapsbringande sjukdomsutbrot i næringa, jf. kap. 1107.

Frå hausten 2002, og for ein periode på inntil 4 år, vil Noreg ha ein nasjonal ekspert på dyrehelse i EU-kommisjonen. Eksperten skal arbeide med fiskehelse i EU.

Plantehelse

Landbruksdepartementet legg opp til ei føre vidare satsinga på same nivået som i 2002 for å sikre og heve standarden på norsk plantehelse. Ei betra plantehelse vil gi ein miljøgevinst gjennom lågare forbruk av plantevernmiddel, betre produktkvalitet og nye moglegheiter i marknaden.

Plantevernmiddel

Basert på resultata frå evaluering av handlingsplanen for redusert risiko ved bruk av plantevernmiddel (1998-2002), vil det i 2003 bli utarbeidd ein ny handlingsplan.

Merking for å spore ferskt storfekjøtt

Mat- og fôrskandalane i Europa har vist at det er viktig å ha gode system for å spore matvarer for å sikre at maten er trygg. Samtidig veit vi at forbrukarane i større og større grad vil ha informasjon og merking om matvarene sin risiko, opphav, eigenskapar m.m.

Vi har i dag reglar om obligatorisk merking for å spore ferskt storfekjøtt. Desse reglane gjer det mogleg å spore kjøttet tilbake til dyret og dyrehaldet det kom frå. Etter kvart vil ordninga bli utvida slik at det òg blir mogleg for ein produsent å informere om mellom anna kva slags fôr- og beiteforhold som dyret har hatt. Dette regelverket er ei implementering av EU sine reglar på dette området.

Nasjonal merkeordning

For å styrke valgmoglegheitene til forbrukarane blei det i 2002 oppretta ei offentleg merkeordning som kan gi vern til produkt som har eit spesielt opphav, tradisjon eller særpreg. Ordninga er eit svar på ønskjene til forbrukarane om kvalitetsprodukt og større produktmangfald. Merkeordninga vil òg vere med på å sikre eit reieleg frambod av produkta, jf. omtale under kat. 15.30.

Potetkvalitet

Det er nødvendig å auke fokuset på tiltak som kan betre kvaliteten på norske matpoteter. I den samanhengen vil ein sjå på utforminga av regelverket og kvalitetskontrollen gjennom heile produksjonskjeda.

Det er ein aukande etterspurnad etter nye potetsortar. Det vil derfor vere nødvendig med ein raskare oppformering av potetsortar.

IKT

Regjeringas plan for IT-politikk dei neste åra, eNoreg 2005, set krav om at IKT skal brukast for å modernisere offentleg sektor. Innan utgangen av 2004 skal alle offentlege etatar kunne motta elektroniske innrapportering frå næringslivet, samtidig som ein skal tilby elektroniske tenester som forenklar brukarane sin kvardag og fremmer dialogen med befolkninga.

Omorganiseringa av den offentlege matforvaltninga gir eit godt utgangspunkt for innføring av elektronisk forvaltning på matområdet. Det er viktig at denne sjansen blir nytta vel. Det skal satsast på å utvikle løysingar som kan opnast for næring og publikum gjennom Internett.

Veterinær vaktordning

Lov om veterinærar og anna dyrehelsepersonell føreset at det finst ordningar for klinisk veterinær beredskap. Landbruksdepartementet kom til ei semje med Den norske veterinærforening om ei avtale for 2002 innanfor ei ramme på 45,4 mill. kr under føresetnad av at ordninga skulle utvidast i 2003. Landbruksdepartementet legg opp til ei auke i løyvinga med 20 mill. kr i 2003.

Forskingsbasert kunnskapsutvikling

Det er sett av 5 mill. kr til forskingsbasert kunnskapsutvikling om trygg mat innanfor landbruksproduksjon og marin sektor, jf. kap. 1112.

Finansieringa av det offentlege arbeidet for trygg mat

Departementet gjer framlegg om inntekter frå gebyr og avgifter på 430,1 mill. kr. Dette svarar til om lag 53 pst. av utgiftene til matkontroll i budsjettframlegget. Det er budsjettert med ei auke i inntektene med om lag 70 mill. kr i høve til saldert budsjett 2002. Inntektene kjem frå gebyr og avgifter langs heile matvarekjeda.

Kap. 1107 Statens dyrehelsetilsyn (jf. kap. 4107)

 

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2001

Saldert budsjett 2002

Forslag 2003

01

Driftsutgifter

233 715

186 901

215 082

70

Tilskott til veterinær beredskap

45 416

65 000

73

Tilskott til tiltak mot dyresjukdommar , overslagsløyving

20 665

14 166

14 718

Sum kap 1107

254 380

246 483

294 800

Mål og strategiar

Dei primære oppgåvene til Statens dyrehelsetilsyn er å tryggje helsa hos tamme og ville landdyr og akvatiske dyr og å sikre god dyrevelferd. Statens dyrehelsetilsyn har følgjande overordna mål:

  • Noreg skal vere fritt for alvorlege smittsame dyresjukdommar

  • førekomsten av mindre alvorlege sjukdommar hos landdyr og akvatiske dyr skal vere så låg som mogleg

  • råvarer frå landdyr og akvatiske dyr til matproduksjon skal vere helsemessig trygge

  • landdyr og akvatiske dyr skal haldast på ein slik måte at dei ikkje lid i utrengsmål

I det strategiske arbeidet vil Statens dyrehelsetilsyn leggje særleg vekt på:

  • fagleg kompetanse og god forvaltningsskikk

  • kontakt med forbrukarane og næringane

  • utvikling av eigen organisasjon

  • ein aktiv kommunikasjon med samfunnet om verksemda

Resultatrapport 2001

Helsa hos landdyr og akvatiske dyr i Noreg er god. Bortsett frå infeksiøs laryngotrakeitt (ILT) hos hobbyfjørfe er det ikkje påvist A-sjukdomar i 2001. Det er ikkje påvist at alvorlege smittsame sjukdomar er kome inn i landet via dyr som blei innført i 2001.

Innarbeiding av nytt regelverk etter EØS-avtalen har kravd stor innsats. Dyrehelsetilsynet har vurdert 163 nye EU-rettsakter innan sine lovområde i 2001. Kontroll med regelverket for registrering og merking av dyr har blitt gitt høg prioritet. Krava er framleis ikkje tilfredsstillande oppfylde og registra verker ikkje godt nok, sjølv om dei tok til å gjelde i 1999 .

Under utbrota av munn- og klauvsjuke i Storbritannia og på kontinentet våren 2001 blei det sett i verk ei rekkje tiltak for å hindre at smitte spreidde seg til Noreg. Hendingane gav verdifull røynsle for å betra ulike rutinar i beredskapen. Det er utarbeidd dokumentasjon for ei ny internasjonal vurdering av risikoen for at BSE (kugalskap) finst i Noreg. Mistanken om BSE i Østfold i 2000, gav opphav til ein tiltaks- og kommunikasjonsplan for BSE.

Talet på nye tilfelle av infeksiøs lakseanemi (ILA) aukar. Sjukdommen blei påvist i 20 nye oppdrettsanlegg i 2001. Tilsynet med registrering av og tiltak mot lakselus har hatt høg prioritet. Førekomst av lakselus hos oppdrettslaks syner nedgang. Overvakingsprogrammet for lakseparasitten Gyrodactylus salaris, som er eit samarbeid med Direktoratet for naturforvaltning, er utvida i 2001 i høve til 2000. Dyrehelsetilsynet har prioritert arbeidet med smitteførebyggande tiltak mot Gyrodactylus salaris.

Overvakingsprogramma for ei lang rekkje smittsame sjukdommar hos landdyr og fisk er i hovudtrekk gjennomført i samsvar med planane. Programmet for overvaking av BSE blei vesentleg utvida i 2001. Sjukdomen er ikkje påvist i Noreg. Skrapesjuke blei i 2001 påvist i ein ny saueflokk. Paratuberkulose blei påvist i ein ny storfebuskap i 2001. Det blei funne salmonellabakteriar i berre to av omlag 12 000 prøver frå fjørfe, gris og storfe i 2001. Multiresistent Salmonella typhimurium DT104 blei for første gongen funnen hos matproduserande dyr i Noreg.

Antibiotikaforbruket hos matproduserande dyr ligg på eit lågt nivå. For matproduserande landdyr var forbruket i 2001 på 5 016 kg, medan det i oppdrettsnæringa var på 645 kg. På begge områda var det ein liten nedgang i høve til året før. Det er ikkje avdekt bruk av ulovlege vekstfremmarar i husdyrproduksjonen.

Distriktsveterinærane har ei viktig rolle i dyrevernarbeidet, og ein aukande del av tilsynsoppgåvene blir løyst av distriktsveterinærane. Arbeidet i dyrevernnemndene skjer i samsvar med føresetnadene. Talet på dyreverninspeksjonar er auka med om lag 9 pst. i høve til året før. Om lag 8 pst. av inspeksjonane førte til pålegg om utbetringar. Tap og skadar på bufe på beite årsaka av rovvilt utgjer eit stort dyrevernproblem. Tilsyn med transport av dyr har vore særleg fokusert. Avvik frå regelverket blei påvist ved om lag 7 pst. av inspeksjonane. Talet på dyreverntragediar er aukande. Dyrehelsetilsynet har vore sterkt involvert i arbeidet med ny stortingsmelding om dyrevelferd.

I samband med at den nye Dyrehelsepersonellova tok til å gjelde frå 01.01.02 har staten fått eit overordna ansvar for å sikre ein landsdekkjande dyrehelseteneste og sørgje for klinisk vakt. Som grunnlag for vaktordninga skal staten inngå avtale med yrkesorganisasjonane etter forhandlingar om organisering og gjennomføring av vaktene samt om godtgjersle/tilskott for deltaking. Dyrehelsetilsynet og Den norske veterinærforening (DNV) arbeidde sommaren og hausten 2001 for å etablere nye vaktordningar i tråd med Stortinget sitt vedtak. Ein mellombels avtale om klinisk vakt som skal gjelde fram til 01.01.2003 blei inngått. For alle tre nivåa i Dyrehelsetilsynet blei det etablert eigen vaktordning for forvaltningsoppgåver frå 01.10.2001. På grunn av liten veterinærdekning og lange reiseavstandar blei det for Finnmark inngått ein særavtale som kopla forvaltningsvakt og klinisk vakt.

Budsjettframlegg 2003

Dyrehelsetilsynet skal prioritere arbeidet med sjukdomskontroll, sjukdomsovervaking, regelverksutvikling og tilsyn med dyr og dyreprodukt i samsvar med internasjonale avtalar samt dyrevern. Ei god dyrehelse og dyrevelferd blir i aukande grad sett i samanheng med mattryggleik.

Dyrehelsetilsynet sitt arbeid med sjukdomar og smittestoff som kan overførast frå dyr til menneske samt overvakinga av reststoff og forbodne stoff er viktig for mattryggleiken. Arbeidet med å få betre kontroll med antibiotikabruken, særleg i husdyrhaldet, skal halde fram.

Dyrehelsetilsynet vil prioritere arbeidet med merkeordningar og elektroniske register over dyr og dyrehald. Dette gjeld særleg andsynes krav om merking og registrering av storfe og svin.

Ein må intensivere beredskapsarbeidet andsynes alvorlege smittsame dyresjukdommar. Overvakings- og kontrollprogramma må kontinuerleg evaluerast for å sjå om dei tener den funksjonen dei skal ha. Programma i høve til overførbare spongiforme encefalopatiar (TSE), spesielt skrapesjuke vil bli utvida for å oppfylle internasjonale krav. I 2003 vil det bli analysert prøver frå 48 500 småfe og omlag 26 500 storfe, jf. òg kap. 1114 og 1112. I arbeidet med å førebyggje spreiing av TSE vil nytt EØS-regelverk for behandling av animalske biprodukt krevje særleg merksemd.

Dyrehelsetilsynet har ei viktig oppgåve i å medverke til ein berekraftig utvikling i havbruksnæringa. Den forventa veksten i oppdrett av nye artar må ikkje føre til tilsvarande sjukdomsproblem som ein såg tidlegare i lakseoppdrettet. Utvikling av havbeite er særs krevjande i så måte. Dyrehelsetilsynet vil derfor arbeidet med å bygge opp kompetanse på sjukdom hos nye artar i oppdrett. Talet på nye tilfelle av infeksiøs lakseanemi (ILA) må ned. Viktig verkemiddel er å utvikla eit tenleg regelverk og å sikre at smitteførebyggjande tiltak blir gjennomførde. Overvakingsprogrammet for Gyrodactylus salaris og tiltak mot lakselus bør utvidast i høve til i 2002. Overgangsordninga som blei forhandla fram i samband med Rådsdirektiv 91/67/EF går ut 31.12.2002, jf. St.prp nr. 6 (1998-99). Når forbodet mot innførsel av levande laks blir oppheva, vil det vere nødvendig med styrkt overvaking for å sikre helsestatus i norsk lakseoppdrett.

Sterkare fokusering på ulike sider av dyrehaldet og erkjenning i samfunnet av at dyr har krav på eit verdig liv, tilpassa den enkelte art, gjer at dyrevelferd må takast på alvor. Det har vore ein auke i talet på dyretragediar som mellom anna kan ha samanheng med at fleire no bur og driv åleine. Det er derfor viktig at tilsynet fokuserer på desse problemstillingane og søker å bygge opp varslingskanalar i samarbeid med andre som har innsats retta mot husdyrbruket.

Regjeringa arbeider med ei stortingsmelding om dyrehald og dyrevern som skal leggast fram for Stortinget i 2002. Stortingsbehandlinga av meldinga vil truleg føre til vedtak som krev oppfølging. Behovet for å byggje opp nødvendig kompetanse og forsking innan etologi og dyrevelferd i dei norske fagmiljøa vil gjere seg gjeldande. På områda dyrehald og dyrevelferd er forvaltninga sin tilgang til forskingsbasert ekspertkompetanse svært mangelfull. Innanfor akvakultur får dyrevelferd stadig større merksemd.

Fleire europeiske land arbeider for å finne alternativ til dyreforsøk. Noreg har gjennom Europarådet forplikta seg til ein reduksjon og det er viktig at arbeidet kjem i gang.

Dyrehelsetilsynet skal ta del i internasjonale fora på prioriterte område for å medverka til at utviklinga går i ei retning som Noreg er tent med og at nasjonale omsyn blir ivaretekne på best mogleg måte.

Dyrehelsepersonellova instituerer eit profesjonstilsyn med heimelsgrunnlag for administrative sanksjonar overfor dyrehelsepersonell. Dyrehelsetilsynet må auka innsatsen med å orientere om dei nye krava til forsvarleg dyrehelsepraksis og etablere tilsynsfunksjonen.

Det er tinga fram ei avtale som fastset den økonomiske ramma for kliniske vaktordningar for 2003. Ei partssamansett gruppe skal greie ut ein del prinsipielle forhold som grunnlag for ei varig ordning frå 1.1.2003. Dei økonomiske rammene for vaktordningane aukar frå 45,4 mill. kr i 2002 til 65 mill. kr for 2003.

Løyvinga dekkjer den løpande tilsynsverksemda til Dyrehelsetilsynet. I tillegg til denne verksemda skal Dyrehelsetilsynet i 2003 særleg satse på arbeid knytt til etablering av det nye mattilsynet. Midlar til denne omstillinga er ikkje innarbeidd i forslaget, jf. kat 15.10. Arbeidet med Matportalen og utviklinga av IKT-løysingar må skje i lys av det nye mattilsynet.

Merknader til dei einskilde postane

Post 70 Tilskott til veterinær beredskap

Departementet foreslår å auke tilskottet til kliniske vaktordningar og andre økonomiske tiltak knytt til veterinær beredskap med om lag 20 mill. kr til 65 mill. kr i 2003, jf. omtale ovanfor. Målet med løyvinga er å sikre at sjuke eller skadde dyr kan skaffast hjelp innan forsvarleg tid over heile landet, jf. St.prp. nr. 54 (1999-2000) og Ot.prp. nr. 52 (2000-2001).

Post 73 Tilskott til tiltak mot dyresjukdommar

Målsetjinga med løyvinga er å halde landet fritt for alvorlege smittsame sjukdomar hos husdyr, under det familiedyr og akvatiske organismar, og førebyggje at dyr lir. Løyvinga skal dekkje utgifter i samband med nedslakting som det offentlege pålegg etter føresegner i husdyrlova, og utgifter til einskilde tiltak innanfor fiskesjukdomslova, dyrevernlova og lov om farlege hundar. Posten er ei overslagsløyving som gjer det mogleg raskt å gjennomføre tiltak ved utbrot av alvorlege smittsame sjukdommar og forpliktingar heimla i nemnde lovverk.

Kap. 4107 Statens dyrehelsetilsyn (jf. kap. 1107)

 

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2001

Saldert budsjett 2002

Forslag 2003

03

Gebyr og analyseinntekter m.m.

21 534

19 902

25 678

15

Refusjon arbeidsmarknadstiltak

15

16

Refusjon, fødselspengar/adopsjonspengar

1 417

18

Refusjon sjukepengar

1 633

Sum kap 4107

24 598

19 902

25 678

Post 03 Gebyr og analyseinntekter m.m.

Posten omfattar ulike gebyr og avgifter knytt til Dyrehelsetilsynet si verksemd. Ein gjer framlegg om ei løyving på vel 25,6 mill. kr som er ei auke på 5,7 mill. kr frå 2002. Auken er knytt til at avgifta på fôr til hund og katt aukar med 15 øre pr. kg til 65 øre pr. kg. Dette skal finansiere tiltak på dyrehelseområdet. I tillegg er det budsjettert med 2,5 mill. kr i gebyr for tenester som er pålagt offentleg veterinær i samband med innførsel og utførsel.

Kap. 1110 Statens landbrukstilsyn (jf. kap. 4110)

 

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2001

Saldert budsjett 2002

Forslag 2003

01

Driftsutgifter

105 028

116 430

105 661

73

Tilskott til stamsædavl , overslagsløyving

582

Sum kap 1110

105 610

116 430

105 661

Mål og strategiar

Landbrukstilsynet har som oppgåve å ivareta samfunnet sine krav om berekraftig miljø og trygg mat for forbrukarane. Landbrukstilsynet har følgjande hovudmål:

  • ein landbruksproduksjon med forbrukartillit

  • god plantehelse

  • innsatsvarer som gir trygg mat

  • innsatsvarer som ikkje skadar natur- og arbeidsmiljø

  • innsatsvarer som har riktig brukskvalitet

Utviklinga av rammevilkåra for norsk landbruk taler for at kriteria og krava til ein optimal produksjon vil kunne endre seg. Landbrukstilsynet må derfor ha ein fleksibel strategi og ein organisasjon som har evne til omstilling. Landbrukstilsynet skal delta i internasjonalt arbeid innanfor sitt forvaltingsområde, og påverke avgjerdsprosessar i ein tidleg fase.

Resultatrapport 2001

Internkontroll er i bruk som tilsynsprinsipp innanfor alle områda til verksemda. Kvalitetssikring av eiga verksemd har halde fram, og ein er godt i gang med revisjon av dei fleste bransjane. Revisjonane syner at mange føretak har kome langt med kvalitetssikring av produkta sine.

Arbeidet med EØS-saker i 2001 omfatta områda fôrvarer, gjødselvarer, såvarer og økologisk landbruk. Landbrukstilsynet tek del i ulike faggrupper og komitéar i den samanhengen. Plantehelseområdet er ikkje ein del av EØS-avtalen. Når det gjeld plantevernmiddel, der Noreg har unntak frå EØS-avtalen, har Landbrukstilsynet observatørstatus i EU si arbeidsgruppe.

Landbrukstilsynet tek òg del i anna internasjonalt samarbeid innafor kvar av dei ulike fagområda. Dei viktigaste fôra er OECD, interimkommisjonen for plantehelsetiltak under FAO, plantevernorganisasjonen for Europa og Middelhavsområdet (EPPO), nordisk samarbeid og EU. For såvareområdet står det internasjonale arbeidet i ISTA sentralt.

Plantehelse

Innsatsen har framleis auka noko innanfor verksemdområdet plantehelse. Auken heng saman med gjennomføringa av Prosjekt plantehelse - ein fireårig opptrappingsplan for styrking av norsk plantehelse. På området plantehelse har det i 2001 blitt utført om lag like mange importkontrollar som året før. Ved kontrollen blei knapt 3 pst. av sendingane heilt eller delvis avviste etter funn av farlege skadegjerarar eller formelle manglar. I 2001 har det vore nye utbrot av pærebrann på Vestlandet etter at det i 2000 blei gjort nye funn for første gong sidan 1993. Det er òg funne mellom anna potetringråte og sharkavirus på nye lokalitetar

Plantevernmidlar

Handlingsplanen for redusert risiko ved bruk av plantevernmiddel fører til auka ressursbruk på plantevernmiddelområdet.

Ved godkjenning av plantevernmiddel legg ein vekt på at risiko for helse og miljø ved bruk av midla under norske forhold skal vera låg og akseptabel. Landbrukstilsynet har i 2001 godkjent 45 preparat, og 5 preparat har fått avslag på grunn av uønskt verknad på helse og/eller miljø. Landbrukstilsynet har og behandla 31 søknader om godkjenning av nytteorganismar til bruk i biologisk kontroll. 20 organismar er godkjent medan det er nekta godkjenning på 11.

Salet av plantevernmiddel frå importør til forhandlar er òg i 2001 prega av hamstringa i 1998 og 1999, noko som kan tilskrivast ein auke i miljøavgifta. Omsetnaden utgjorde ca. 520 tonn verksamt stoff. Det er godt under gjennomsnittet for 1998-2001 som var ca. 680 tonn.

Det er gjennomført besøk i eit representativt tal gartneri for kontroll av autorisasjonsbevis, sprøytejournal og lagertilhøve for plantevernmiddel. Dessutan er det teke ut planteprøver for kjemisk analyse. Under desse kontrollane er det avdekt fleire regelverksbrot knytt til bruk av ulovlege midlar og for høge restverdiar.

Såvarer

Det blir stilt strenge krav til såvarene for å sikre at dei er tilpassa veksevilkåra, krav til avlingsnivå og kvalitet. Såvare som ikkje held mål vil gi ein monaleg avlingsreduksjon. For korn kan det dreie seg om verdiar på 30-60 mill. kr pr. år. Gjennom godkjenning av nye sortar kan kornsortar som er mottakelege for soppsjukdommar bli erstatta med meir resistente sortar som treng mindre plantevernmidlar. Landbrukstilsynet gjennomfører obligatoriske beisebehovsanalysar for bygg, havre og kveite. Behovsprøvinga har i gjennomsnitt redusert kostnadene for korndyrkarane med om lag 6 mill. kr pr. år. Vidare blir miljøet spart for om lag 8 tonn kjemikalium årleg i forhold til om alt såkornet blir beisa.

Økologisk landbruk

Landbrukstilsynet fører kontroll med verksemda til DEBIO som er godkjent som utøvande kontrollorgan for primærproduksjon. I 2001 var 2 125 bruk kontrollerte for økologisk produksjon eller dei var under omlegging, mot 1 840 i 2000. Det økologiske arealet er no 2,3 pst. av det totale jordbruksarealet.

Gjødselvarer

Omsetnaden av gjødsel- og jordforbetringsprodukt, basert på resirkulert organisk og uorganisk avfall aukar. Kvalitetskrava er strenge, men resirkuleringsverksemdene har etterkvart tilpassa seg desse.

Stikkprøvekontrollen i 2001 har omfatta kjemisk/fysisk undersøking av kalk og mineralgjødsel for å kontrollere om vareopplysningane er i samsvar med innhaldet i produkta. Kvaliteten er jamt over god, men ein del avvik er funne og påtala.

Fôr

Kontrollen med produksjonen av fôr skjer ved revisjon av internkontrollen ved dei ulike verksemdene, og ved besøk som ikkje er varsla på førehand. Utekne prøvar blir analyserte for ulike næringsemne og uønskt stoff som det er sett øvre grenser for i forskrifta.

Kontrollen av uønskt stoff har omfatta ulike tungmetall, plantevernmiddel, dioksin og PCB, muggsopp og mykotoksiner, koliforme bakteriar, salmonella, kjøttbeinmjøl og genmodifisert materiale. Det har vore få avvik. Påvising av salmonella skjer i dei fleste tilfella før varmebehandling, på "urein" side av produksjonsprosessen. Vidare er det i einskilde tilfelle funne kjøttbeinmjøl i fôrblandingar til produksjonsdyr. Analysar for genmodifisert materiale har vist spor i nokre få prøvar. Konklusjonen er at kvaliteten på fôret styrkjer kravet til mattryggleik på ein god og tilfredsstillande måte. Fleire av matskandalane i EU har hatt sitt utspring i fôr. Dei rapporteringssystema som er etablert, er derfor viktige for å avgrense slike skandalar.

Sinkbacitracin er det einaste fôrantibiotikum som er godkjent til visse dyrearter, men det har ikkje vore brukt på fleire år. Koksidiostatika, som også har ein antibiotisk verknad, er brukt mindre enn i dei føregåande åra.

Tekniske innretningar

Arbeidet med tekniske innretningar skal mellom anna redusere risikoen for lekkasje og avrenning frå landbruket, og sikre eit godt miljø for husdyra. Typegodkjenningsordningar for m.a. siloar, gjødselportar og innreiingar for husdyr er verkemiddel på desse områda.

Budsjettframlegg 2003

Landbrukstilsynet vil innafor tilgjengelege budsjettmidlar arbeide for å auke innsatsen på fleire prioriterte område framover.

For å unngå forureiningar seinare i matkjeda er det viktig å hindre uønskt stoff som til dømes GMO, antibiotikaresistensgener og dioxin i dei ulike innsatsvarene. Med bakgrunn i risikovurderingar må ein definere dei stoffa ein ikkje ønskjer skal inngå i innsatsvarene, det må utviklast sikre og effektive analysemetodar og det må gjennomførast overvakingsprogram.

Målsettinga om eit heilskapleg og risikobasert tilsyn med all behandling av plantevernmiddel gjer det òg nødvendig å følgje betre opp korleis desse midla blir nytta i praksis på det einskilde gardsbruk. Dette kan gjelde både tillaging, sjølve sprøytearbeidet, vasking av utstyr med vidare. Ein vil sjå på om det er mogleg å gjennomføre ein slik kontroll i samarbeid med næringa sin eigenkontroll som blir bygd opp innanfor Kvalitetssystem i landbruket (KSL).

Aktiviteten når det gjeld overvaking og kartlegging av karanteneskadegjerarar på planter må halde fram og helst aukast. Aktuelle skadegjerarar er til dømes pærebrann, sør-amerikansk minérfluge og sharka. Tiltaka er viktige både for å halde bruken av plantevernmidlar på et så lågt nivå som mogleg, og for å trygge internasjonal handel og Noregs eksport av planter.

Som følgje av mellom anna endringane i produksjonsform og bruksstruktur er det i aukande grad nødvendig å sette nye krav til bygningar og innreiing for produksjonsdyra.

Regelverket for økologisk landbruk, som er samordna med EU-regelverket gjennom EØS-avtalen, krev at alle gardsbruk med økologisk produksjon blir kontrollerte minst ein gong årleg. Målsettinga om at 10 pst. av produksjonsarealet skal drivast økologisk gir ei utfordring om å finne eit opplegg for tilsynet som gir ein tilfredsstillande kontroll samtidig som ressursbruken blir halden på eit akseptabelt nivå.

I samband med etablering av det nye mattilsynet vil såvarelaboratoria få endra organisasjonsform. Det er viktig å gjere såvarelaboratoria tevlingsføre gjennom samarbeid med andre laboratorieføretak. Oppgåvene som blir utført ved såvarelaboratoria må vidareførast og den kompetansen som finst her må takast vare på. Utfordringa blir å finne den organisasjonsstrukturen og det eigarskapet som best kan sikre dette samstundes som verksemda skal drivast på ein slik måte at det er kostnadseffektivt for næringa og for samfunnet.

Departementet legg til grunn at såvarelaboratoria blir organisert uavhengig av Landbrukstilsynet i 2003. Driftsbudsjettet til Landbrukstilsynet er derfor redusert med om lag 8 mill. kr i framlegget.

Løyvinga dekkjer den løpande tilsynsverksemda til Landbruksilsynet. I tillegg til denne verksemda skal Landbrukstilsynet i 2003 særleg satse på arbeid knytt til etablering at det nye mattilsynet. Midlar til denne omstillinga er ikkje innarbeidd i forslaget, jf. kat. 15.10. Arbeidet med Matportalen og utviklinga av IKT-løysingar må skje i lys av det nye mattilsynet.

Kap. 4110 Statens landbrukstilsyn (jf. kap. 1110)

 

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2001

Saldert budsjett 2002

Forslag 2003

01

Gebyr og analyseinntekter m.m.

86 880

88 114

88 050

16

Refusjon, fødselspengar/adopsjonspengar

728

18

Refusjon sjukepengar

997

Sum kap 4110

88 606

88 114

88 050

Post 01 Gebyr og analyseinntekter m.m.

Posten omfattar alle gebyr og analyseinntekter under Landbrukstilsynet. Inntekta på posten er redusert med 3,5 mill. kr i framlegget som følgje av at det er lagt opp til at såvarelaboratoria skal organiserast uavhengig av Landbrukstilsynet.

Kap. 1112 Forvaltningsstøtte, utviklingsoppgåver og kunnskapsutvikling m.m.

 

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2001

Saldert budsjett 2002

Forslag 2003

40

Kjøp av lokaler

11 334

50

Forvaltningsstøtte og utviklingsoppgåver, Veterinærinstituttet

106 278

106 848

113 765

51

Forvaltningsstøtte, utvikling og kunnskapsformidling, Planteforsk

42 712

49 107

46 988

52

Støtte til fagsentra, Planteforsk

12 596

12 821

13 051

Sum kap 1112

172 920

168 776

173 804

Post 50 Forvaltningsstøtte, utviklingsoppgåver og kunnskapsutvikling, Veterinærinstituttet

Veterinærinstituttet er eit forvaltningsorgan med særskilde fullmakter og tilpassa finansieringsstrukturen med basisfinansiering frå NFR, jf. kap. 1137 post 51.

Mål og strategiar

Veterinærinstituttet er ei forvaltningsstøtteverksemd som skal vere leiande og konkurransedyktig innan forsking, overvaking og rådgjeving med framsynt beredskap innan mattryggleik, fôrhygiene, landdyr-, fiske- og skjelhelse i Noreg.

Veterinærinstituttet sin samla kompetanse skal medverke til:

  • trygge matvarer til forbrukarane gjennom førebygging og nedkjemping av zoonoser og antibiotikaresistens i næringskjeda

  • sunne landdyr, fisk og skjel gjennom effektiv førebygging og nedkjemping av alvorlege smittsame sjukdomar og tapsbringande tilstandar

  • å redusere førekomsten av framandstoff og biotoksin i næringskjeda

  • rask varsling om mattryggleiksfarer og tapsbringande dyre-, fiske-, og skjelsjukdomar med forslag om førebyggande og skadereduserande tiltak.

For å nå desse måla må Veterinærinstituttet m.a. leggje følgjande strategiar til grunn:

  • auke relevant forsking innan kjerneområda til instituttet

  • styrke arbeidet med referansefunksjonar og vere kompetansesenter for laboratoriediagnostikk og analysar på fiske-, skjel- og landdyrhelseområdet og på næringsmiddel-, fôr- og miljøområdet

  • styrke den ståande beredskapen for diagnostikk av alvorlege sjukdomar hos landdyr og fisk

  • ta ansvar for å samle, analysere og presentere epidemiologiske data for zoonoser i heile næringskjeda i Noreg gjennom Norsk zoonosesenter

  • medverke til berekraftig og miljøforsvarleg husdyr- og akvakulturproduksjon der dyrevern blir teke vare på, på ein god måte

  • styrke overvaking av antibiotikaresistens hos bakteriar frå landdyr, fisk, fôr og næringsmiddel

  • styrke arbeidet med risikovurderingar

  • styrke arbeidet med å formidle kunnskap innan instituttet sine fagområde og arbeide for at forskingsresultata kjem styresmakter, næringsliv og allmenta til gode

Resultatrapport 2001

Veterinærinstituttet har i 2001 vidareutvikla sin kompetanse innan risikovurderingar til å vere på godt internasjonalt nivå, og denne kompetansen er stadig meir etterspurt på fôr- og matområdet og på fiske- og landdyrehelseområdet.

Påvisinga av BSE i stadig nye land i Europa i 2000/2001 skapte stort press på Veterinærinstituttet for å skaffe fram risikovurderingar og kapasitet for å iverksette undersøking av risikopopulasjonar i Noreg. Etablering av ny laboratoriediagnostikk og innreiing av høvelege lokale til analysene var også sentralt i dette arbeidet. Omfattande risikovurderingar er lagt fram for tilsyna med omsyn til eventuell førekomst av BSE-smitte i levande storfe, i småfepopulasjonen, i avfall ved alternativ behandling av slakteavfall, i kjøtt og kjøttvarer i Noreg. Risikovurderingane er m.a. lagt til grunn i styresmaktene si fastsetjing av regelverk på områda.

Munn-og klauvsjukeepidemien i Europa var eit anna hovudarbeidsområde i 2001 m.a. når det gjaldt å skaffe fram faglege vurderingar og risikovurderingar for innføring av sjukdomen til Noreg. Vinteren og våren 2001 var store delar av instituttet si ekspertise innretta på spørsmål og vurderingar i forhold til munn- og klauvsjuke. I store delar av 2001 hadde Veterinærinstituttet utvida beredskap med omsyn til mistanke om munn- og klauvsjuke i Noreg.

I samband med miltbrannterroraksjonane i USA, har Veterinærinstituttet ytt rådgjeving til ulike instansar og det er etablert spesielle laboratorier for undersøking av miltbrann i mistenkjeleg materiale. Veterinærinstituttet og Nasjonalt folkehelseinstitutt samarbeider om undersøking av slike prøver.

Veterinærinstituttet har levert omfattande tenester knytt til overvakings-, kartleggings- og kontrollprogram som er etablert m.a. gjennom EØS-avtalen. Med omsyn til funn knytt til desse programma blir det vist til kap. 1107 og 1114.

Det har vore stor interesse for vidareutvikling av kvantitative metodar for påvising av GMO i mat og fôr og framgangen i prosjektet har gått etter planen. Prosjektet er del av eit omfattande EU-prosjekt som Veterinærinstituttet leier.

Prosjektet med utvikling av ein kjemisk metode for påvising av algetoksin i skjel, har hatt gjennombrot i 2001. Metoden skal erstatte bruk av mus for testing av visse toksin i skjel.

Det har vore stor interesse for risikovurderingar omkring dioxin og PCB i fisk og sjøpattedyr i 2001.

Opparbeiding av spesialkompetanse og etablering av ein nasjonal funksjon for testing av allergen i mat, har kome langt. Testoppsett for fleire allergen i mat er etablert. Det er berekna at om lag 4 pst. av befolkningen har matallergi i ein eller annan form.

Arbeidet ved Norsk zoonosesenter skjer i nært samarbeid med Nasjonalt folkehelseinstitutt. Zoonosesenteret har medverka til at nasjonalt overvakingsprogram for Campylobacter er etablert. Denne bakterien er no viktigare enn salmonella som årsak til tarminfeksjonar hos menneske i Noreg. Zoonoserapporten for 2000 har blitt godt motteke i EU, og Noreg sitt arbeid på området er godt synleg i samlerapporten om zoonoser frå EU. Det er i samarbeid med folkehelseorgan utarbeidd ein felles rapport om antibiotikaresistens i Noreg.

Veterinærinstituttet sitt arbeid i internasjonale komitear er omfattande. Veterinærinstituttet er representert m.a. i EU sine komitear for Toksikologi og Veterinary matters related to public health og i arbeidsgrupper under EU sin faste veterinærkomite. Ein ekspert frå Veterinærinstituttet er President i OIE (Verdas dyrehelseorganisasjon) sin Fish Diseases Commission. Vidare deltek ekspertar frå Veterinærinstituttet i ulike internasjonale komitear.

Utvikling av nettverk og etablering av samarbeid med FoU institusjonar nasjonalt og internasjonalt er ei prioritert oppgåve, jf. kat. 15.20. Dei viktigaste samarbeidspartnerar innan forsking er Noregs veterinærhøgskole, Nasjonalt folkehelseinstitutt, Planteforsk, Matforsk, Havforskningsinstituttet og Ernæringsinstituttet. I 2001 har arbeidet med ein allianse mellom Veterinærinstituttet og Noregs veterinærhøgskole på områda mattryggleik og akvamedisin hatt god framgang. Instituttet samarbeider med eit 20-tals internasjonale forskingsinstitusjonar i forskingsprosjekt og diagnostiske problemstillingar.

Budsjettforslag 2003

Veterinærinstituttet skal vere ein hovudleverandør av forskingsbasert kunnskap til tilsyna langs matvarekjeda i Noreg.

Ein legg vekt på at Veterinærinstituttet utviklar seg vidare som forskingsbasert forvaltningsstøtteverksemd på område fôr- og mattryggleik, landdyr-, fiske- og skjelhelse, m.a. ved at det diagnostiske og analytiske apparat blir utvikla i samsvar med ny kunnskap. Det må utviklast kvalitetsikra laboratorium i tråd med internasjonal standard. Veterinærinstituttet må halde internasjonal standard på risikovurderingområde.

Ein legg opp til ein auke i arbeidet med analyseverksemnd knytt til overvåkingsprogramma for BSE og skrapesjuke. EU sin nye forordning med undersøking av sauepopulasjonen for mogleg førekomst av BSE, vil bli særleg krevjande. For nærare omtale av tiltaka, sjå kap. 1107.

Det er sett av 5 mill. kr til forskingsbasert kunnskapsutvikling på mattryggleik innanfor landbruksproduksjon og marin sektor. Kunnskaputviklinga skal skje i samarbeid mellom Veterinærinstituttet, Planteforsk og NORSØK.

Veterinærinstituttet må føre vidare arbeidet med å oppdatere beredskapen for diagnostikk av eksotiske sjukdomar m.a. med nødvendige avtaler med dei internasjonale referanselaboratoria.

Veterinærinstituttet sitt arbeid med helseproblem hos menneske og/eller dyr med årsak i smitteemne med lang inkubasjonstid, sopptoksin, plantetoksin og algetoksin skal halde fram. Likeins skal arbeidet med GMO halde fram. Veterinærinstituttet skal vidareutvikle kompetansen innan matallergiar og tilby analysar på området.

Løyving til arbeidet i Norsk zoonosesenter blir ført vidare frå 2002. Dette gjeld òg løyvinga som blir fordelt via Helsedepartementet. Arbeid med overvakingsprogram for campylobacter skal vidareførast.

For å møte behovet i samband med veksten som er venta i havbruksnæringa, skal Veterinærinstituttet prioritere arbeid med dei mest alvorlege sjukdomane slik som ILA, Gyrodactylus og lakselus. Arbeid med å bygge opp ny kunnskap om nye parasittar hos oppdrettsfisk og sjukdom hos nye artar i oppdrett skal òg prioriterast.

Arbeidet med overvakings- og kontrollprogram skal halde fram med analysar av produksjonsdyr på land, og hos fisk og skjel.

Veterinærinstituttet si sterke satsing på internasjonalt arbeid skal halde fram.

Post 51 Forvaltningsstøtte, utviklingsoppgåver og kunnskapsformidling, Planteforsk

Planteforsk er eit forvaltningsorgan med særskilde fullmakter og tilpassa finansieringsstrukturen med basisfinansiering frå NFR, jf. kap. 1137 post 51.

Mål og strategiar

Planteforsk skal vere leiande i bruksretta forsking og utvikling innan planteproduksjon, og eit nasjonal kompetansesenter i plantefaglege spørsmål. Planteforsk har som mål å utvikle kunnskap og metodar som medverkar til:

  • effektiv og konkurransedyktig planteproduksjon i heile landet

  • miljøforsvarlege produksjonsformer, inkludert økologiske

  • god plantehelse

  • rasjonell og forsvarleg bruk av naturgrunnlaget

  • trygg mat fri for plantevernmiddel

  • redusert avrenning frå jordbruksareala

Strategiane for å nå desse måla er:

  • rett kompetanse

  • kvalifiserte og dyktige medarbeidarar

  • tilpassa organisasjon og leiing

  • nært samarbeid med Forsøksringane og andre FoU-organisasjonar

  • nært samarbeid med næringslivet gjennom brukarstyrt forsking og utvikling

  • regional forankring

Resultatrapport 2001

Forvaltningsstøtte, utviklingsoppgåver og kunnskapsformidling har eit langsiktig perspektiv der fleire aktørar medverkar. Det er derfor vanskeleg å talfeste den einskilde aktøren sitt bidrag til dei endringane som kan målast. Nedanfor er det omtalt nokre døme på praktiske resultat på område der Planteforsk har vore ein vesentleg leverandør av kunnskapsgrunnlaget.

Arbeidet med å redusere kostnadene i planteproduksjonen har gitt resultat. Dei variable kostnadene i korn- og grovfôrproduksjonen er redusert med 70 mill. kr årleg sidan 1994.

Det blir heile tida arbeidd med å utvikle nye rådgjerder mot planteskadegjerarar. Fleire av desse metodane nyttar ikkje kjemiske plantevernmiddel. Arbeidet skjer både på eit praktisk plan og i nokon grad ved hjelp av bioteknologiske metodar.

Forskinga på miljøkonsekvensar frå plantevernmiddel har sett Planteforsk i stand til å utvikle nedkjempingsstrategiar som reduserer risikoen for utvasking.

Planteforsk har stor innsats retta mot å gjere plantene meir motstandsdyktige gjennom tradisjonell planteforedling, og for dei nye norske sortane innan gras og kløver er ikkje sjukdomsangrep noko stort problem. Nye sortar av frukt og bær, som no blir sende ut på marknaden, er meir resistente enn dei gamle sortane. I 2001 blei tre nye plantesortar frå Planteforsk godkjende og marknadsførte. Sortane som Planteforsk eig har høge marknadsdelar i Noreg.

Planteforsk arbeider med å utvikle metodar for lønsam økologisk planteproduksjon i heile landet. Ein av dei viktigaste oppgåvene er å utvikle dyrkingsmetodar for ein lønsam og berekraftig økologisk kornproduksjon, noko som er nødvendig for å auke farta i omlegginga til økologisk produksjon.

Beitebruken er på veg oppover etter ein nedgang fram til 1992. Beite sin del av det totale fôropptaket i mjølkeproduksjonen er på vel 17 pst.

Det blei i 2001 vedteke å opprette eit Nordnorsk kompetansesenter for landbruk og innlandsfisk i regi av Planteforsk med lokalisering ved Holt forskingssenter. Det blei avsett 2 mill. kr over statsbudsjettet til prosjektering av senteret. Prosjektleiar er tilsett og ei brukarorientert referansegruppe er oppnemnd. Senteret skal bli ei koplings-arena og ikkje byggje opp konkurrerande kompetanse med dei andre fagmiljøa i landsdelen.

Planteforsk har sekretariatsoppgåva for Genressursutval for planter i Noreg som starta sitt arbeid 01.07. 2001. Det første halvåret har utvalet arbeidd med å leggja planer for eit nasjonalt program for bevaring og bruk av plantegenetiske ressursar. Av resultatet det første halvåret kan nemnast at det er etablert god kontakt til eit breitt nettverk av institusjonar, organisasjonar og privatpersonar som syner eit breitt engasjement og stor kompetanse på området.

Budsjettframlegg 2003

Framlegget omfattar finansiering av vitskapeleg basert forvaltningsstøtte til Landbruksdepartementet og underliggjande etatar, m.a. SNT. Framlegget omfattar òg oppgåver Planteforsk skal utføre innan utvikling og kunnskapsformidling.

For å gi fagleg grunnlag for verksemda til forvaltninga skal Planteforsk utføre desse oppgåvene:

  • gi effektiv diagnostisering av planteskadegjerarar. Planteforsk skaffar oversikt over plantehelsa i Noreg

  • vere kunnskapsbase for forvaltning på plantehelseområdet

  • skaffe data om ulike plantesortar som grunnlag for godkjenning/rettsvern av norske og utanlandske plantesortar

  • skaffe kvalitetssikra data som grunnlag for godkjenning av plantevernmiddel til bruk i norsk planteproduksjon

  • ha data og modellar som grunnlag for betre tilpassa gjødsling i heile landet. Dette skal gi grunnlag for betre utnytting av gjødsla og redusert næringsavrenning

  • skaffe sikre måle- og analysedata for næringssalt og plantevernmiddel i avrenningsvatn til jordsmonnovervakingsprogrammet

  • gjennomføre effektive og kvalitetssikra analysar av restar av plantevernmiddel i norske og importerte vegetabil som grunnlag for effektiv matvarekontroll

  • gjennomføre langvarige gjødsel-/referanseforsøk for å dokumentere langtidsverknaden av ulike tiltak i jordbruket

  • utvikle automatiske rettleiingstenester

Viktige oppgåver knytt til utviklingsarbeid og kunnskapsformidling er:

  • skaffe dyrkarane plantemateriale av godkjende sortar som er fritt for skadegjerarar

  • drive utprøving for å medverke til redusert risiko ved bruk av plantevernmiddel

  • skaffe kunnskap for å redusere kostnadene i grovfôrproduksjonen

  • medverke til aktivt landbruk i dei nordlegaste delane av landet

  • gjere forskingsresultat tilgjengelege for brukarane

  • ha kunnskap om kulturmark, beiting, biologisk mangfald m.m. utifrå eit kulturlandskaps- og dyrkingssynspunkt

  • skaffe fram meteorologiske data for varslingsteneste og forsking

  • fremje kunnskap om effektive dyrkingssystem som reduserer faren for avrenning av næringsstoff

  • gi presise råd til dyrkarane om bruk av plantevernmiddel og gjødsel

Tenestene innafor desse områda blir delfinansierte av brukarane, anten ved avgift/gebyr eller ved direkte betaling for tenestene.

Med utgangspunkt i handlingsplanen for redusert risiko ved bruk av plantevernmiddel, har Planteforsk oppgåver med å skaffe fram kunnskap for integrert plantevern, miljøkonsekvensar av plantevernmiddel, skadetersklar, prognosar og varsling m.m.

Det er sett av 3 mill. kr til Nordnorsk kompetansesenter, Planteforsk. Kompetansesenteret skal vere ein koplingsarena som skapar, tar i mot, formar og realiserar idear om nyskaping gjennom å utnytte naturgjevne moglegheiter og ressursar i den nordlege landsdelen. Senteret skal ha kunnskap om dei ulike fagmiljø for å kunne kople desse saman i ei heilskapstenking. Senteret skal ikkje byggje opp kompetanse i konkurranse med dei ulike nordnorske miljøa. Det skal leggjast vekt på at brukarane sine interesser skal kome til uttrykk i kompetansesenteret sin organisering, innhald og funksjon. Næringsutvikling, kompetanseheving, informasjon og formidling der den personlege kontakt går hand i hand med moderne informasjonsteknologi, blir viktige oppgåver for det nye senteret. I tillegg til å ivareta det tradisjonelle landbruksområdet skal Nordnorsk kompetansesenter ha eit nasjonalt ansvar for innlandsfisk.

Planteforsk, NORSØK og Jordforsk arbeider vidare med sikte på ei samordning til ein organisasjon frå 01.01.2004. Ei slik samordning er venta å gi faglege synergieffektar og skape ein viktig objektiv kunnskapsleverandør innanfor miljø og landbruk.

Viktige oppgåver i programmet for Genressursutval for Planter i Noreg er å kartleggje genetiske ressursar i kulturvekstane i Noreg, samt syte for at verdifullt plantemateriale blir teke vare på, enten som frø i lagra til Nordisk Genbank eller i plantesamlingar forskjellige stader i landet. I 2003 vil ein etablere eit informasjonssystem der opplysningar om materialet er samla og kan nyttast for å få auka bruk av genressursane våre. Samstundes skal aktivt informasjonsarbeid skape ei meir bevisst haldning i befolkninga til verdien av det biologiske mangfaldet.

Planteforsk si verksemd på Ås skal samlokaliserast i Fellesbygget på Ås etter at bygget er bygd om og rehabilitert, jf. St.prp. nr. 67 (1998-1999) og St.prp. nr. 1 (2001-2002), kap. 1112 og kat 15.30. Byggjearbeidet er delt i to fasar. Fase I er kostnadsrekna til 133 mill. kr pr. 01.07.2002. Arbeidet skjer i samsvar med framdriftsplan og vil bli avslutta hausten 2003. Fase II av arbeidet har eit mindre omfang og Landbruksdepartementet vil kome tilbake med oppfølging av dette arbeidet seinare.

I samband med at departementet legg opp til endringar i finansieringa av planteforedling og oppformering, jf. nærare omtale under kap. 1150 post 77 og kap. 5651 post 80, vil òg midlane til føremålet under denne posten bli kanalisert annleis. Ettersom omlegginga krev omstilling ved Planteforsk og i måten midlane blir fordelte, legg departementet til grunn at utviklingsmidlane i først halvår 2003 blir tildelt Planteforsk.

Post 52 Støtte til fagsentra

Fagsentra i Planteforsk blei etablerte i 1995. Dei fire fagsentra er Sæter i Hedmark, Fureneset i Sogn og Fjordane, Tjøtta i Nordland og Svanhovd miljøsenter i Finnmark.

Fagsentra har som føremål å medverke til lokal og regional næringsutvikling innan landbruk og miljø. Dei tilbyr òg tenester innan kunnskapsformidling og service. Fagsentra tek òg forskingsoppdrag, men då styrt av forskingssentra i Planteforsk.

Sæter er engasjert i sauenæringa med fokus på næringsutvikling. Fureneset har som mål å bli eit senter for næringsutvikling og utprøving innan landbruk, naturbruk og miljøspørsmål i kystregionar. Med nye driftsbygningar, store jordvidder og beiteland har Tjøtta gode vilkår for si utviklingsverksemd innan økologisk landbruk, driftssystem og næringsutvikling, særleg for sau og ammekyr. Svanhovd er eit senter innan forsking, utvikling og miljøinformasjon om natur-, landbruks- og ressursforvaltning i Barentsregionen. Miljøsenteret har òg oppdrag frå lokale, regionale og nasjonale oppdragsgjevarar. Den nye konferanseavdelinga gjer at miljøsenteret no har eit komplett anlegg for formålet. Miljøsenteret etablerte sommaren 2001 eit nasjonalparksenter for Øvre Pasvik nasjonalpark.

Resultatrapport 2001

Omorganiseringa frå forskingsstasjonar til fagsenter har så langt vore vellukka. Overgangen frå landbruksforsking til utviklingsarbeid og service har kome langt. Investeringane i bygningar på Tjøtta og Svanhovd gjer desse fagsentra til attraktive medspelarar. Sæter og Fureneset er ikkje like godt utrusta, men også dei dreg fordel av å vere med i nettverket i Planteforsk. Tilgangen på oppdrag er ein god indikator på kor vellukka ordninga er. Fram til no har tala på oppdrag auka mykje, og oppdragsinntektene har òg auka. Fagsentra har mange, men oftast små oppdrag. Dette set store krav til effektiv administrasjon for å få god nok lønsemd. Oppdragsinntektene ved fagsentra auka frå 11,7 mill. kr i 2000 til 13,0 mill. kr i 2001.

Budsjettframlegg 2003

Samarbeidet mellom fagsentra og landbruksavdelinga hos fylkesmannen må utviklast vidare for å skape større breidde i produktspekteret til Planteforsk og for å gjere resten av kompetansen i Planteforsk tilgjengeleg. Om lag halvparten av løyvinga blir styrt av dei aktuelle fylkesmennene.

Kap. 1114 Statens næringsmiddeltilsyn (jf. kap. 4114)

 

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2001

Saldert budsjett 2002

Forslag 2003

01

Driftsutgifter

189 283

245 644

230 776

Sum kap 1114

189 283

245 644

230 776

Mål og strategier

Statens næringsmiddeltilsyn (SNT) forvaltar regelverket på næringsmiddelområdet, som er heimla i lovgjeving under Landbruksdepartementet, Helsedepartementet og Fiskeridepartementet. Det utøvande tilsynet med næringsmiddel blir utført lokalt av kommunale og interkommunale næringsmiddeltilsyn (KNT). SNT er oppretta som sentralt organ for å samordne næringsmiddelforvaltninga, og ei viktig oppgåve for SNT er å vere nasjonal samordnar av verksemda i KNT. SNT har òg forvaltningsansvaret for kosmetikk underlagt Helsedepartementet.

Den overordna målsetjinga for SNT er at maten skal vere trygg og bli boden fram på reieleg vis, og at kvaliteten skal vere slik forbrukarane ventar. Matvarer skal ikkje innehalde smittestoff og framandstoff i mengder som kan vere helseskadelege. Mesteparten av tilsynsaktiviteten skal setjast inn på område som er viktige for folkehelsa.

SNT har desse hovudmåla:

  • Produksjon, import, lagring, transport og frambod av mat og drikke skal gå føre seg på ein måte som sikrar at produkta er helsemessig trygge.

  • Mat, drikke og kosmetikk skal ikkje innehalde stoff som kan føre til helsefare, og skal ha heiderleg frambod og rett kvalitet.

  • Det offentlege næringsmiddeltilsynet skal ta omsyn til og involvere forbrukarane og andre viktige interessegrupper.

  • Det offentlege næringsmiddeltilsynet skal vere fagleg sterkt, samordna, effektivt og truverdig.

SNT forvaltar eit fagområde som er blitt meir og meir komplekst i dei siste åra. Det krev open, fagleg og balansert kommunikasjon frå styresmaktene på matområdet, mellom anna for å kunne halde ved lag den store tilliten som forbrukarane har til SNT.

I det strategiske arbeidet legg SNT vekt på å :

  • drive internasjonalt arbeid for å påverke utviklinga av regelverket på matområdet

  • vidareutvikle kompetansen i næringsmiddeltilsynet og ha tilgang til kompetanse i forskingsmiljø for å kunne handtere nye og vanskelege problemstillingar på ein god måte

  • kommunisere aktivt med forbrukarane, næringslivet og andre aktuelle interessentar

Resultatrapport for 2001

Generelt er mat og drikke som blir bydd fram i Noreg helsemessig trygg og næringsmiddelassosiert sjukdom har halde seg på om lag same nivå dei siste åra.

Det blei sett i verk utvida testing av storfe for mogeleg førekomst av BSE (kugalskap) i 2001, men det er ikkje påvist noko tilfelle av BSE i Noreg.

Talet på meldingar om næringsmiddel som har vore årsak til sjukdom, er på same nivå som før. Den gode Salmonella-statusen i Noreg står ved lag. Når det gjeld Campylobacter, som er den mest utbreidde matborne sjukdomen i Noreg, aukar talet på smitta personar. Ein handlingsplan for Campylobacter i slaktekylling blei derfor sett ut i livet i 2001.

Det er funne plantevernmiddelrestar over grenseverdiane i om lag 4 pst. av alle analyserte prøver, ei auke på 1,5 pst. i høve til 2000. Det blei innført omsetjingsforbod for olivenrestoljar, då det blei gjord funn av PAH (tjærestoff).

Verksemdene i matkjeda har hovudansvar for at maten som blir budd fram for forbrukar er trygg. Ein godt fungerande internkontroll i verksemdene er svært viktig for å sikre dette. Av verksemder som kjem inn under statleg delegert tilsyn, har 76 pst. internkontrollsystemet IK-MAT på plass. Dette er same nivået som året før. Av verksemder som kjem inn under kommunalt tilsyn, har 52 pst. IK-MAT på plass, ein auke frå 48 pst. Det er ikkje tilfredsstillande at så mange verksemder framleis ikkje har innførd IK-MAT og det er derfor nødvendig å ha auka fokus på dette.

Innarbeiding av nytt regelverk etter EØS-avtalen krev stor innsats. Dette gjeld særleg andsynes arbeidet med å følgje opp EU sitt utkast til forordning til ny matlov og opprettinga av European Food Safety Authority.

I 2001 gjennomførte SNT eit prosjekt i samarbeid med kjøttbransjen for å få betre oversikt over dei totale utgiftene til kjøttkontroll og for å sjå nærare på systemet for innkrevjing av avgift.

I samband med arbeidet med forbrukarorientering av mat- og landbrukspolitikken og oppfølging av handlingsplanen som blei vedtatt i 2001, har SNT inngått ei avtale med Forbrukerrådet om etablering av drift av sju regionale forbrukarpanel. Dette arbeidet vil komme i gang i 2002 og vil bli ført vidare som eit viktig verktøy for det nye mattilsynet.

SNT har i 2001 hatt fire ESA-inspeksjonar som har teke for seg regelverket for kjøttprodukt, fjørfekjøtt, vilt og oppdrettsvilt, og dessutan grensekontrollstasjonane.

I ein tilsynskampanje som fokuserte på temperaturen i kjølediskar i daglegvarebutikkar, viste det seg at berre 38 pst. av kjølediskane fylte krava i forskrifta om at næringsmiddel som lett blir skjemde, skal lagrast og byast fram ved ein temperatur på 4º C eller lågare. Bransjen blei derfor utfordra til i å lage ein handlingsplan både for utbetring av dårleg kjøleutstyr og for å etablere styringsrutinar som hindrar slike feil.

SNT har i samarbeid med Statens dyrehelsetilsyn arbeidd med eit prosjekt som har greidd ut framtidsutsikter og utfordringar for slakting og kjøttforedling i liten skala. I 2001 har SNT òg arbeidd med ein rapport om konsekvensar av å endre forvaltninga av helsepåstandar og tillate at slike påstandar blir nytta på matvarer. For helsekostprodukt, særleg dei som blir selde via postordre og Internett, har det vore ei rekkje brot på regelverket med tanke på legemiddelpåstandar og udokumenterte helsepåstandar.

Budsjettframlegg for 2003

Statens næringsmiddeltilsyn vil innafor tilgjengelege budsjettmidlar arbeide for å auke innsatsen på fleire prioriterte område framover.

For å dokumentere at matvarer på den norske marknaden er trygg i forhold til framandstoff, smittestoff og næringsstoff, blir det gjennomført ressurskrevjande kartleggingsprosjekt og overvakingsprogram. Ein god del av dei ressursane som årleg blir sett av til kartlegging og overvaking er knytt til dei forpliktingar Noreg har i samsvar med EØS-avtalen.

Tilsynet med at regelverket blir overhalde blir først og fremst utført av kommunale og interkommunale næringsmiddeltilsyn. Arbeidet med tilsyn i næringsmiddelverksemder, kontroll og overvaking av framandstoff og smittestoff i mat, og regelverksutvikling i samsvar med internasjonale avtaler skal prioriterast.

Arbeidet med forbrukarorientering skal halde fram. Av tiltaka omtala i Handlingsplan for forbrukarorientering av mat- og landbrukspolitikken er det særleg arbeidet med dei matpolitiske forbrukarpanela som skal prioriterast.

SNT skal ta del i internasjonale fora på prioriterte område, t.d. innanfor EU og i Codex, for å medverka til at utviklinga går i ei retning som Noreg er tent med, og at nasjonale omsyn blir ivaretekne på best mogleg måte. Oppfølginga av EUs nye organisering på matområdet må prioriterast, medrekna kontakten mot EFSA (European Food Safety Authority). Arbeidet med oppfølging av den nye matlova og den internasjonale utviklinga på området må òg prioriterast.

Det er sett av 1 mill. kr til arbeidet med å følgje opp tiltak i samband med implementering av EU sitt barnematdirektiv i Noreg, og sikre oversikt over samansetning av barnematprodukt på den norske marknaden, mellom anna gjennom utvikling og drift av system for meldeplikt for produkt til SNT.

Løyvinga dekkjer den løpande tilsynsverksemda til SNT. I tillegg til denne verksemda skal SNT i 2003 særleg satse på arbeid knytt til etablering at det nye mattilsynet. Midlar til denne omstillinga er ikkje innarbeidd i forslaget, jf. kat 15.10. Arbeidet med Matportalen og utviklinga av IKT-løysingar må skje i lys av det nye mattilsynet. I samband med etablering av det nye mattilsyn vil ein fase ut arbeidet med SNT sitt regionaliseringsprosjekt. Dette vil gi ei innsparing på omlag 7 mill. kr i 2003.

Kjøttkontroll

Inntekter og utgifter til kjøttkontrollen blir førte i fondet for kjøttkontroll. I 2003 er det budsjettert med om lag 125 mill. kr i utgifter til kjøttkontroll, fordelt med 110 mill. kr til oppgåver i KNT og 15 mill. kr til oppgåver i SNT. Det er budsjettert med 1,3 mill. kr til administrasjon, medan resten av dei sentrale midlane går til mellom anna opplæring og overvakingsprogram. For å dekkje dei lokale og sentrale utgiftene til kjøttkontroll gjer departementet framlegg om å auke dagsverksatsen med 3 pst., til 3 400 kr. Satsar som blir avleidde av denne satsen, må då aukast tilsvarande.

Kap. 4114 Statens næringsmiddeltilsyn (jf. kap. 1114)

 

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2001

Saldert budsjett 2002

Forslag 2003

01

Gebyr og analyseinntekter m.m.

178 672

256 413

316 413

16

Refusjon, fødselspengar/adopsjonspengar

1 230

18

Refusjon sjukepengar

913

Sum kap 4114

180 815

256 413

316 413

Post 01 Gebyr og analyseinntekter

Inntektene til SNT skriv seg frå næringsmiddelavgift på norskproduserte og importerte råvarer og importerte ferdigvarer, kosmetikkavgift, gebyr ved import frå tredjeland, sal av publikasjonar og overføringar frå Fondet for kjøttkontroll.

Ein legg i budsjettframlegget opp til ei auke i avgiftene knytt til næringsmiddel for å finansiere ein større del av kontrollen med mat. Nye satsar vil bli 1,52 pst. for norske og importerte råvarer og 1,20 pst. for importerte ferdigvarer.

Det blei for budsjettåret 2002 gjort framlegg om ei særavgift på norskproduserte varer, jf. Ot.prp. nr. 85 (2000-2001). Avgifta skulle finansiere utgiftene knytt til arbeidet med ein nasjonal merkeordning som gir vern til produkt som har eit spesielt geografisk opphav, tradisjon eller særpreg. Avgifta blei ikkje kravd inn for 2002, men vil tre i kraft frå 01.01.2003. Satsen vil vere på 0,05 pst. for norskproduserte varer.

Avgifta på norskprodusert kjøtt blir ført vidare med 8,5 øre pr. kg slakt.

Programkategori 15.20 Forsking og utvikling

Utgifter under programkategori 15.20 fordelte på kapittel

 

(i 1 000 kr)

Kap.

Nemning

Rekneskap 2001

Saldert budsjett 2002

Forslag 2003

Pst. endr. 02/03

1137

Forsking og utvikling

267 620

281 737

298 173

5,8

Sum kategori 15.20

267 620

281 737

298 173

5,8

Innleiing

Forsking er eit viktig verkemiddel for å oppfylle mat- og landbrukspolitiske målsetjingar. Landbruksdepartementet finansierer forsking og utvikling retta mot næringa, forvaltninga og allmenta sine kunnskapsbehov. Hovudtyngda av forskingsmidlane blir kanalisert gjennom Noregs forskingsråd.

Landbruksforskinga medverkar til gjennomføringa av den nasjonale forskingspolitikken, jf. St.meld. nr. 39 (1998-1999) Forskning ved et tidsskille og Utdanning- og forskingsdepartementet (UFD) sin budsjettproposisjon for 2003. Departementet viser til St.meld. nr. 19 (1999-2000) Om norsk landbruk og matproduksjon, St.meld. nr. 17 (1998-1999) Verdiskaping og miljø - muligheter i skogsektoren, St.meld. nr. 40 (1996-1997) Matkvalitet og forbrukartrygghet, St.meld. nr. 42 (2000-2001) Biologisk mangfold, St.prp. nr. 65 (2001-2002) OmJordbruksoppgjøret 2002 og St.prp. nr. 58 (2001-2002) Om reindriftsavtalen 2002-2003, og Stortinget si behandling av desse, når det gjeld føringar for departementet sin FoU-politikk i 2003. Ein viser og til fagkapitla i denne proposisjonen for prioriteringar som gir føringar for departementet si satsing på forsking, og til budsjettproposisjonen for 2002 for Landbruksdepartementet for omtale av Handlingsplanen; "Prioritering innan mat- og landbruksforsking".

Forskingsinstitutta Akvaforsk, Bygdeforsking, Jordforsk, Norsk institutt for landbruksøkonomisk forsking, NORSØK, Planteforsk, Skogforsk og Veterinærinstituttet (sjå kap. 1137 post 51), har eit særskilt ansvar for å drive forsking relatert til landbruk og matproduksjon. Matforsk er eit sjølvstendig institutt som driv næringsmiddelforsking, og mottar basisløyving over fondet for forskingsavgift på landbruksprodukt, jf. Lov om forskingsavgift på landbruksprodukt av 26.06.1970. Noregs landbrukshøgskole (NLH) og Noregs veterinærhøgskole (NVH) er sentrale aktørar i landbruksforskinga med hovudansvar for kompetanseoppbygging og strategisk grunnforsking (jf. UFD sin St.prp. nr. 1 (2002-2003), kapitla 278 og 279). Samarbeidet mellom høgskolane og landbruksforskingsinstitutta er særs viktig.

UFD har i samarbeid med Landbruksdepartementet sett ned ei arbeidsgruppe som skal vurdere korleis ein på egna måte kan etablere tilfredsstillande fasilitetar for stasjonær undervisning i klinisk veterinærmedisin på produksjonsdyr i Noreg. Gruppa skal og vurdere egna framtidig organisering av NVH og NLH for å skape fagmiljø og institusjonar som kan hevde seg internasjonalt og drive framtidsretta forsking og næringsutvikling. Det blir lagt vekt på ein brei og open prosess. Arbeidsgruppa skal leggje fram sin endelege rapport i mai 2003, jf. òg St.prp. nr. 1 (2002-2003) frå UFD.

Dei framtidige utfordringane som forskings- og utdanningsinstitusjonane blir stilt overfor har gjort det nødvendig å etablere samarbeidsavtaler og alliansar. Innanfor landbrukssektoren har det kome i stand ei rekke avtaler dei siste åra. Eksempel her er samarbeidsavtale mellom NVH og Veterinærinstituttet, og mellom AKVAFORSK og NLH. Akvaalliansen mellom AKVAFORSK, NLH og NVH, samt Matalliansen mellom NLH og MATFORSK er etablert. I tillegg pågår alliansearbeid mellom NLH, NVH og Universitetet i Oslo.

NVH, NLH og AKVAFORSK har, som eitt av 13 miljø, fått midlar frå Noregs forskingsråd til å etablere eit S enter for fremragende forsking (SFF) der visjonen er å sikre vidare vekst innan oppdrettsnæringa. Senteret skal medverke til å utvikle grunnleggjande ernærings-, fysiologisk- og teknologisk kunnskap som er nødvendig for optimal bruk av protein i fôr til fisk. Vidare skal senteret yte bidrag til ein etisk og trygg akvakulturproduksjon med fokus på fisken si helse og velferd.

Regjeringa fører vidare den offentlege satsinga på funksjonell genomforsking (FUGE), jf. UFD sin budsjettproposisjon for 2003. Gjennom denne satsinga ønskjer regjeringa å styrke norsk biologisk grunnforsking, og særleg marin og medisinsk forsking. Landbruksforskinga har i stor grad vore aktiv i høve til utviklinga innanfor m.a. akvakultur, og inngår derfor som ein naturleg og integrert del i regjeringa si satsing på FUGE. Landbruksforskinga har fått midlar over satsinga på FUGE for 2002 innafor akvakultur og husdyravl.

Arbeidet med utviklingstiltak i landbruket er i stor grad forskingsbasert. Forskinga blir finansiert med midlar frå både offentlege og private aktørar. Departementet legg vekt på å styrke koplinga mellom forsking og utvikling for å nå mat- og landbrukspolitiske mål, t.d. i arbeidet med dei tre verdiskapingsprogramma innan mat, rein og trevirke, jf. kat. 15.30. Programma vektlegg samarbeid mellom produsentar og forskings- og utdanningsinstitusjonar for å få til nyskaping, mangfald og verdiskaping gjennom nettverk, rådgjeving og kompetanseheving. Eit verkemiddel her er regionale innovasjonspilotar for næringsutvikling som omfattar både produkt- og prosessutvikling. Dei viktigaste aktørane er vareproduserande og tenesteytande bedrifter, FoU- og kompetansemiljøa samt verkemiddelaktørar og regionale myndigheiter. FoU er her eit særs viktig verkemiddel, både for teknologisk endring, for ny utnytting av råvarer og nye marknader samt for nye former for organisering og samhandling. Særleg viktig er verksemdene sine evner til å bruke kunnskap og finne fram til nettverksløysingar for samarbeide med andre innoverande verksemder. Samarbeidsavtala mellom Noregs forskingsråd og Statens nærings- og distriktsutviklingsfond (SND) har ført til samarbeid om bruken av ressursar og verkemiddel.

Status

Kategorien omfattar departementet sine løyvingar over kap. 1137. I tillegg til dei åtte forskingsinstitutta med basisløyving over kap. 1137 post 51, er NLH, NVH og Matforsk viktige forskingsinstitusjonar innan landbrukssektoren.

Den private finansieringa av forskinga innan sektoren skjer i dag hovudsakleg gjennom industrien. Departementet reknar den avgiftsfinansierte forskinga som brukarfinansiering av kollektiv art. Her inngår avgifta på skogsverke frå 01.07.2000 til fremme av fellestiltak i skogbruket og lov av 26.06.1970 nr. 74 om forskingsavgift på landbruksprodukt, som er endra ved at lovas formål og avgiftsgrunnlag er utvida, jf. budsjettproposisjonen for 2002.Vidare blir ein del av næringsmiddelavgifta brukt til forvaltningsretta kunnskapstiltak, og ein del av omsetningsavgifta blir brukt til FoU-relaterte tiltak.

Departementet har og løyvingar til forsking over jordbruksavtala, kap. 1150 (postane 77.13 og 77.16), og reindriftsavtala, kap. 1151, samt kap. 1114. I tillegg har departementet monaleg innsats knytt til utvikling i tradisjonelle og nye næringar basert på landbruk, og til utvikling av kunnskap til bruk i forvaltninga. Departementet har løyvingar til næringsretta utviklingstiltak over jordbruksavtala, kap. 1150, og reindriftsavtala, kap. 1151, til forvaltningsretta oppgåver over kapitla 1110, 1112, 1140, 1142 og 1147 og til kunnskapsutvikling over kap. 1114.

Handlingsplan med prioriteringar for mat- og landbruksforskinga, blir saman med Langtidsplan for landbruksforskinga (1998-2005)lagt til grunn for planlegging og prioritering for landbruksforskinga. Oppfølging av evaluering av forsking og relevant høgre utdanning på landbruksområdet i Noreg (Carlsson-komiteen) blir omtalt i eit eige punkt.

Strategiar og mål for forsking på mat og landbruk

Departementet legg Langtidsplan for landbruksforskinga (1998-2005) til grunn for strategiske prioriteringar, og hovudmålet i planen er:Landbruksforskinga skal, innanfor ei etisk forsvarleg ramme, og i brei næringspolitisk samanheng, vere leverandør av kunnskap med vekt på krav frå forbrukarane, verdiskaping, nyskaping, omstilling, miljø, helse og livskvalitet.

Langtidsplanen er delt opp i fem innsatsområde:

  • Forbruk, matvarekvalitet og -tryggleik

  • Drifts- og eigeformer, produksjonssystem og arealbruk

  • Verdiskaping basert på skog

  • Ny næringsutvikling

  • Livskraftige distrikt

Langtidsplanen er overordna og langsiktig, medan handlingsplanen, som Landbruksdepartementet og Forskingsrådet utarbeida i 2001, er meir operativ og har fokus på forskingsbehov for dei kommande åra. Landbruksforskinga spenner vidt, og den nye handlingsplanen bind saman satsingane i Langtidsplan for landbruksforsking og satsingsområda i St.meld. nr. 39 ( 1998-99) Forskingsmeldinga.

Tiltak og verkemiddel

Handlingsplanen peikar ut sju område som dannar grunnlaget for prioriteringar innanfor departementet si forskingssatsing for 2003 og framover, og gjeld m.a. dei ulike verkemidla under kap.1137. I tillegg vil ein leggje til grunn dei meir overordna prioriteringane i Langtidsplanen for landbruksforsking.

Dei sju innsatsområda i handlingsplanen er:

  1. Trygge matvarer

  2. Spesialiserte landbruksprodukt

  3. Kollektive gode

  4. Biologisk mangfald

  5. Klima og energi

  6. Økologisk landbruk

  7. Kunnskapsgrunnlag for utforming av politikk

Handlingsplanen omtaler utfordringane under innsatsområda og prioriterer viktige forskingsbehov. Planen har effektivisert og konkretisert dialogen mellom Landbruksdepartementet, Forskingsrådet og forskingsmiljøa. St.prp. nr. 1 (2001-2002) gir ein meir detaljert presentasjon av handlingsplan for mat- og landbruksforskinga. Departementet legg vekt på at den grunnleggjande forskinga, særleg den strategiske grunnforskinga, blir styrkt, jf. Forskingsmeldinga.

På stadig fleire område blir mat- og landbrukspolitikken utforma gjennom internasjonalt samarbeid, jf. EØS- og WTO-avtalen m.m. Derfor er det viktig at ein nyttar forsking og utvikling aktivt i høve til spørsmål som er sentrale for politiske prioriteringar og utforming av tiltak.

Innan internasjonalt forskingssamarbeid prioriterer departementet europeisk samarbeid gjennom det nye 6. rammeprogrammet i EU. I den samanheng vil fagområda bioteknologi, mattryggleik og helserisiko samt berekraftig utvikling bli sentrale område for landbruksforskinga. Det er lagt opp til eit sett med nye verkemiddel i det 6. rammeprogrammet, som blir utfordrande både for Noregs forskingsråd og forskingsmiljøa med tanke på koordinering. Departementet legg og vekt på kunnskapsbehov knytt til internasjonale konvensjonar og styrking av landbruksforskinga si rolle som premissgjevar for utviklingsforsking.

Som ein oppfølging av eit utgreiingsarbeid leia av Landbruksdepartementet i 2002 har Nordisk Ministerråd vedtatt å setje ned ei ad hoc-gruppe som i løpet av 2003 skal vurdere moglegheita for å danne Eit nordisk forskings- og utdanningsrom for fisk, jord og skogbruk og næringsmiddelspørsmål. Gruppa skal og fremme forslag til korleis dette eventuelt skal bli implementert.

Oppfølging av evaluering av landbruksforskinga (Carlsson-komiteen)

Landbruksdepartementet orienterte i budsjettproposisjonen for 2002 om forslaga frå evalueringa av landbruksforskinga, og varsla då at ein ville kome attende til Stortinget for å følgje opp saka.

Landbruksdepartementet har, i dialog med UFD, Forskingsrådet og forskingsinstitusjonane vurdert forslaga og sett i verk fleire tiltak.

Departementet tek sikte på å gjere om Skogforsk til eit aksjeselskap frå 01.01.2004 der staten i første omgang eig alle aksjane. Ein føreset at instituttet framleis ivaretek eit samfunnsmessig heilskapsperspektiv samtidig som ein legg til rette for organisatorisk fridom til alliansebygging for å auke eksternt fagleg engasjement. Ein tek sikte på å komme attende til Stortinget med saka jf. kap. 1137.

Dei nære forvaltningsrelaterte bindingane mellom departementet, NILF og Veterinærinstituttet gjer at desse institutta bør halde fram som forvaltningsorgan med særskilde fullmakter.

Planteforsk si framtidige tilknytingsform må sjåast i samanheng med den pågåande prosessen med samordning mellom Planteforsk, Jordforsk og NORSØK. Med utgangspunkt i St.prp. nr. 1 (2001-2002) blei det sett i gong eit utgreiingsarbeid for samordning av verksemda i dei tre institutta. Basert på dette arbeidet og føringar gitt av Landbruksdepartementet og Miljøverndepartementet, har styra i institutta vedteke å arbeide vidare med sikte på samordning i ein organisasjon ut frå nærare gitte føresetnader.

Samordning av Jordforsk, NORSØK og Planteforsk i ein organisasjon er venta å gi faglege synergieffektar og skape ein viktig objektiv kunnskapsleverandør innanfor miljø og landbruk. Regjeringa foreslår derfor at dei tre institutta held fram arbeidet med samordning til ein organisasjon frå 01.01.2004. Ein kjem attende til denne saka i budsjettproposisjonen for 2004.

Det leggjast opp til at også den nye organisasjonen har ein desentralisert struktur.

Det skal leggjast vekt på at forskings- og kompetansesenterfunksjonen innan økologisk landbruk framstår einsarta med ansvar for å sikre utøvarane i næringa tilstrekkeleg kompetanse til å leggje om drifta. Senteret på Tingvoll vil ha ein sentral plass i arbeidet.

Den jordfaglege miljøforskinga skal vere ein viktig del av verksemda og profilen i den nye organisasjonen, som vil motta grunnløyving frå Landbruksdepartementet og Miljøverndepartementet.

Arbeidet med framtidig organisering av NLH og NVH inngår som ein del av oppfølging av evalueringa, jf. innleiinga.

Forskingsinstitutta innanfor Landbruksdepartementet sitt sektoransvar har avgjerande kompetanse for utvikling av havbruksnæringa, og departementet legg stor vekt på at dei har eit nært samarbeid. Av den grunn har dei aktuelle institutta, saman med Noregs landbrukshøgskole og Noregs veterinærhøgskole, i 2002 utarbeid ein felles strategi innan havbruk og innlandsfiske. Denne vil utgjere eit grunnlag for departementet sitt vidare engasjement innan sektoren og for eit utvida samarbeid med Fiskeridepartementet om arbeids- og ansvarsdeling i høve til deira instituttsektor.

Komiteen sitt forslag om å utvikle forpliktande regionale nettverk mellom forskings- og utdanningsinstitusjonar, privat og offentleg rådgjevingsteneste og brukarar, blir følgt opp gjennom eit pilotprosjekt i Midt-Noreg som startar hausten 2002.

Kap. 1137 Forsking og utvikling

 

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2001

Saldert budsjett 2002

Forslag 2003

50

Forskingsaktivitet

120 283

131 214

142 683

51

Basisløyvingar til forskingsinstitutt m.m.

147 337

150 523

155 490

Sum kap 1137

267 620

281 737

298 173

Innleiing

Kap. 1137 omfattar løyvingar til forskingsaktivitet, hovudsakleg i regi av Forskingsrådet (post 50), og basisløyvingar til forskingsinstitutta innan Landbruksdepartementet sitt sektoransvar (post 51). Basisløyvingane omfattar grunnløyving og strategiske instituttprogram. I tillegg omfattar kapitlet løyvingar til nasjonale oppgåver og støtte til investeringar, samt utviklings- og evalueringstiltak.

Forskingsrådet skal gi råd i forskingspolitiske spørsmål og initiere, koordinere, finansiere og evaluere formålstenleg forskingsinnsats ut frå sektormåla til Landbruksdepartementet. UFD sin budsjettproposisjon for 2003 gir nærare omtale av regjeringa si oppfølging av evalueringa av Forskingsrådet.

Departementet legg til grunn at Handlingsplanen for landbruksforskinga synleggjer den kunnskapen som mat- og landbruksforskingsmiljøa kan medverke med i høve til prioriteringane i Forskingsmeldinga.

Departementet legg vekt på at Forskingsrådet er pådrivar for auka samarbeid mellom forskingsmiljø nasjonalt og internasjonalt, mellom anna gjennom det nye 6. rammeprogrammet til EU.

Det er viktig å styrke formidling av forskingsresultat til brukarar og verkemiddelapparat. I den samanheng er det nødvendig å styrke samhandlinga mellom forskingsinstitutta og dei regionale høgskolane for å auke kunnskap og utvikling i distrikta. Betre kopling mellom forsking og næringsutvikling gjennom regionale innovasjonspilotar i regi av SND og Forskingsrådet er viktig, jf. kat. 15.20.

Landbruksinstitutta har ei sentral rolle i oppfølginga av forskingspolitikken innan landbrukssektoren og gir viktig kunnskapsgrunnlag for utforming av landbrukspolitikken. Forskingsrådet har ei strategisk oppgåve overfor alle forskingsinstitutta i sektoren, slik at institutta kan byggje opp den kompetansen som blir etterspurt og bidra med forsking og andre kunnskapsbaserte tenester av høg kvalitet. Forskingsrådet har starta arbeidet med å etablere ei ny finansieringsordning for landbruksforskingsinstitutta.

Post 50 Forskingsaktivitet

Resultatrapport 2001

Løyvingane frå Landbruksdepartementet har i hovudsak blitt brukt til forskingsprogram, strategiske program og andre forskingsaktivitetar. Forskingsrådet har prioritert strategiske program ved å nytte ein større del av løyvinga under post 50 til dette verkemidlet. Likevel blir framleis hovudtyngda av dei strategiske programma finansiert med midlar under post 51.

Midla frå Landbruksdepartementet blei brukt til finansiering av i alt 14 forskingsprogram. 12 av desse hadde og finansiering frå andre departement.

Rapporteringa under er gjort i høve til prioriteringane i Langtidsplan for landbruksforsking. Handlingsplanen vil bli lagt til grunn f.o.m. resultatrapport 2002.

Nærare omtale av aktiviteten finn ein i årsrapport 2001 frå Forskingsrådet på følgjande nettstad: http://www.forskningsradet.no/bibliotek/publikasjoner/arsrapport01

Forbruk, matvarekvalitet og -tryggleik

Hovuddelen av forskinga retta mot forbruk, matvarekvalitet og -tryggleik har blitt gjennomført innanfor forskingsprogramma Bioteknologi, Havbruk - oppdrett av akvatiske organismar, Jord, planter og husdyr, Marknad og samfunn og Næringsmiddel.

Forsking knytt til risikofaktorar langs matvarekjeda frå jord til bord er prioritert. Forsking om GMO i matvarer er vidareført. Programmet Næringsmiddel har forvalta 6,9 mill. kr til forvaltningsrelatert forsking på matvaretryggleik.

Innan havbruk er forsking knytt til laks, marine artar og skjel prioritert. Satsinga på forsking om scrapie og paratuberkulose er ført vidare. Innan dyrevelferd og etisk husdyrhald er det forskingsprosjekt innan både storfe- og svineproduksjon. Forsking innan ernæring, fôring og helse hos familiedyr har vore prioritert med ei ramme på omlag 2 mill. kr.

Forsking retta mot ulike aspekt av auka globalisering har mellom anna omfatta ei konsekvensundersøking av moglege utfall av WTO-forhandlingane. Ein har sett søkjelys på forbrukarane sine preferansar og haldningar gjennom fleire prosjekt.

Bioteknologi har vore eit høgt prioritert forskingsområde. Etiske konsekvensar ved bruk av bioteknologi er sett i fokus gjennom planlegginga av ei eiga satsing Etikk, samfunn og bioteknologi.

Drifts- og eigarformer, produksjonssystem og arealbruk

Hovuddelen av forskinga retta mot drifts- og eigarformer, produksjonssystem og arealbruk har blitt gjennomført innanfor forskingsprogrammet Jord, planter og husdyr. Men og innanfor programma Biologisk mangfald, Bioteknologi, Berekraftig produksjon og forbruk, Forureining: Kjelder, spreiing, effektar og tiltak, Landskap i endring og Marknad og samfunn har det vore aktivitetar retta mot slike problemstillingar.

Forsking om arealplanlegging og -forvaltning og areal- og fleirbrukskonfliktar har vore prioritert. Av sentrale problemstillingar kan nemnast studium av omdisponering av dyrka og dyrkbar mark ved arealplanlegging, kva slags krefter som har medverka til å realisere den arealutnyttinga som har skjedd og korleis omsynet til naturbasert næringsutøving og naturverdiar er teke vare på. Ein har og studert korleis ulike forvaltningsregime tek hand om nærings- og verneinteressene og konfliktar mellom allmenningsrettar og fellesressursar ved utvikling av utmarksbaserte næringar.

Forsking om ulike sider av landbruket sin produksjon av fellesgode har mellom anna omhandla samspel mellom offentleg forvaltning og næringsverksemd og tilpassing til nye marknadstilhøve og handelspolitiske utfordringar.

Auka forsking om økologisk landbruk er sett i gang etter ei eiga utlysing av midlar til slike prosjekt. Blant anna har ein prioritert risikovurdering innan primærproduksjon.

Forsking om reindrift er vidareført og det er blant anna sett i gang arbeid for å vurdere effektar av klimavariasjon, tettheten av rein og demografi på produksjonen i Finnmark.

Verdiskaping basert på skog

Forskinga retta mot auka verdiskaping basert på skog har i hovudsak vore organisert i programmet Skogressursar og verdiskaping. I tillegg har fleire prosjekt under programma Biologisk mangfald, Landskap i endring og Marknad og samfunn vore retta mot problemstillingar innanfor resultatområdet.

FoU-prioriteringar innan området er basert på Skogmeldinga, jf. St.meld. nr. 17 (1998-99). Kunnskapsoppbygging for berekraftig forvaltning av skog og forsking om skogens samfunnsmessige verdiar har vore prioritert. Forsking om skogressursane si rolle i klimasamanheng har omfatta auka kunnskap om skogen sin verdi for lagring av karbon, som alternativ til andre produkt og som alternativ energikjelde. Forsking på samfunnsmessige forhold kring bioenergi er i gang.

Fleire prosjekt vurderer trevirket si konkurranseevne i forhold til andre materialar. Det har vore arbeidd med å utvikle kunnskapsgrunnlaget for skogbruket sitt miljøkrav og tilpassing til desse i praktisk skogbehandling. Forsking i skjeringspunktet mellom reiseliv, utmarksforvaltning og skogbruk har og stått sentralt.

Ny næringsutvikling

Satsinga på forsking for ny, alternativ landbruksbasert næringsutvikling har vore gjennomført innanfor dei fleste av forskingsprogramma, men særleg lagt vekt på innanfor programma Levekår, utvikling og omstilling i landbruket, Marknad og samfunn, Næringsmiddel, Regional utvikling og Reiseliv.

Forsking som kan medvirke til å styrke landbruket si konkurranseevne og auke verdiskapinga både innan tradisjonelle og nye bruksområde er prioritert. Arbeidet med ei ny levekårsundersøking i landbruket er sett i gang frå 2002.

I Næringsmiddelprogrammet har ein gjennom ei rekke prosjekt sett nærare på marknadsbasert produktutvikling kopla til matvarekvalitet. Her kan ein nemne eit større brukarstyrt prosjekt der heile mjølbransjen og det meste av bakebransjen i Noreg deltek.

Forskingsrådet har arbeidd aktivt med å stimulere nærings- og bransjeorganisasjonane til større FoU-aktivitet særleg retta mot SMB-sektoren. Samarbeidet med SND har stått i fokus. Hovudkontoret og det regionale apparatet til SND blir brukt som ein ressurs i søknadsvurderinga i Forskingsrådet og til samfinansiering av interessante prosjekt som inkluderer både forsking, utvikling og implementering. Programmet Næringsutvikling for marine artar i oppdrett (NUMARIO) er vidareført.

Livskraftige distrikt

Hovuddelen av forskinga retta mot satsingsområdet livskraftige distrikt har vore gjennomført innanfor forskingsprogramma Berekraftig produksjon og forbruk, Levekår, utvikling og omstilling i landbruket, Marknad og samfunn, Regional utvikling og Reiseliv.

Forskingsrådet har lagt vekt på at forskinga innan dette området skal ivareta kunnskapsbehov innan samfunnsforsking som følgje av landbrukspolitikken og dei landbrukspolitiske problemstillingane. Gjennom fleire prosjekt er det fokusert på næringspolitikken og konsekvensane av ulike reguleringar for næringsaktørane og for samfunnet. Forsking knytt til vilkåra for innovasjon, nyskaping og næringsutvikling har vore prioritert.

Det er starta opp prosjekt som tar opp ulike sider av landbruket sin produksjon av fellesgode. Det er blant anna gjennomført prosjekt om strukturendringar innanfor mottak og foredling av landbruksvarer innanfor tema om strukturutvikling i næringsmiddel.

Internasjonalt forskingssamarbeid

Forskingsrådet har arbeidd aktivt for å få dei norske FoU-miljøa og næringslivet til å delta i EUs 5. rammeprogram for forsking og teknologisk utvikling. Forskingsmiljøa innan landbrukssektoren har vore aktive deltakarar i det internasjonale forskarnettverket som blir organisert av COST.

Det nordiske samarbeidet har i særleg grad vore ivareteken gjennom Nordisk kontaktorgan for jordbruksforsking (NKJ). Formannskap og sekretariat for NKJ blei i 2001 overført frå Sverige til Noreg.

SamNordisk Skogsforsking (SNS) har vurdert føresetnadene for auka nordisk samarbeid om forskarutdanning innanfor skogsektoren, og det er initiert ei utgreiing om nordisk treforsking. Formannskap og sekretariat for SNS er overført frå Sverige til Noreg for ein fireårsperiode frå 01.01.2002.

Forskarrekruttering

Norsk institutt for studiar av forsking og utdanning (NIFU) har utarbeidd rapporten Forskerrekruttering til bioproduksjon og foredling. Situasjonsbeskrivelse og behovsanslag mot 2015 (Rapport 8/2000). Resultata frå rekrutteringsanalysen syner at det er ein stor mangel på forskarrekruttar og at det trengst ei ekstraordinær opptrapping dei næraste åra.

Forskarrekrutteringa retta mot landbrukssektoren har i 2001 i hovudsak skjedd innan rammene av forskingsprogramma eller innanfor dei strategiske programma. Det blei finansiert i alt 88 årsverk knytt til doktorgradsstipend innan landbrukssektoren. Kvinnedelen var 58 pst. I tillegg til midlar frå Landbruksdepartementet, blei det brukt generelle midlar frå UFD til forskarrekruttering retta mot landbrukssektoren. Det blei avlagt 25 doktorgrader innan sektoren i 2001. 10 av dei blei avlagt av kvinner.

Budsjettforslag 2003

Landbruksdepartementet sitt forskingsbudsjett er auka med 7 mill. i 2003. Auken i budsjettet skal støtte opp under dei tematiske satsingane i Forskingsmeldinga og Handlingsplanen for landbruksforskinga med særleg vekt på forsking innan trygge matvarer og klima og energi. Samstundes blir den forskingsbaserte kunnskapsutviklinga innan matområdet styrkt med 5 mill. kr, jf. kap. 1112.

Forskinga skal støtte opp under Landbruksdepartementet sine prioriteringar innan miljø,- nærings- og matpolitikken, jf. dei ulike fagkapitla.

Departementet legg framleis vekt på å halde oppe innsatsen innanfor forskarrekruttering og då spesielt innanfor veterinærmedisin.

Nasjonalt samarbeid og arbeidsdeling mellom dei landbruksvitskaplege forskingsinstitusjonane er ein føresetnad for rasjonell utnytting av ressursane. Ut over dei prosessane som konkret er nemnde, føreset derfor departementet at institusjonane legg stor vekt på auka samarbeid seg imellom.

Internasjonalt forskingssamarbeid vil hovudsakleg skje gjennom EØS-avtalen der Noreg skal ta del i EU sitt 6. rammeprogram. Departementet legg vekt på at Forskingsrådet oppmodar og lagar strategiar for å få auka deltaking frå landbruksforskingsmiljøa i EU sitt rammeprogram for forsking. Rapportar syner at deltaking frå desse miljøa har vore varierande, og det er derfor behov for ei aktiv medverking og pådrivarrolle frå Forskingsrådet. Frå 2001 og fram til 2003 er det finansiert ein nasjonal ekspert til EU-kommisjonen sitt forskingsdirektorat.

Nettverksbygging internasjonalt gjennom COST og EUREKA vil framleis vere viktig.

Det nordiske forskingssamarbeidet skal styrkast gjennom å sjå nærare på korleis ei sterkare nordisk samordning av forsking knytt til sentrale område i jordbruk, skogbruk og matvaretryggleik kan gjennomførast.

Dei sju innsatsområda i Handlingsplanen for mat- og landbruksforsking utgjer grunnlaget for prioriteringane i 2003 og framover. Desse områda er utvikla mellom anna på bakgrunn av dei tematiske satsingane i Forskingsmeldinga der medisin og helse, marin forsking, informasjonsteknologi, samt skjeringsfeltet mellom miljø og energi er prioriterte område.

Viktige satsingsområde i Handlingsplanen er trygg mat og økologisk landbruk, som begge inngår i temaområdet medisin og helse i Forskingsmeldinga. På dette området er det mellom anna behov for forsking på biologiske og helsemessige effektar av ulike stoff i mat. Innanfor satsingsområdet marin forsking i Forskingsmeldinga inngår den delen av området trygge matvarer i Handlingsplanen som gjeld arbeid mot sjukdomar og fôr til fisk. Under satsingsområdet miljø og energi i Forskingsmeldinga vil forskingsområda biologisk mangfald og klima og energi i Handlingsplanen vere sentrale. Dette gjeld spesielt forsking på skog- og jordbruket sitt klimagassutslepp og -opptak, samt bruk av biomasse frå landbruket til energiformål. Dessutan vil kunnskap om viktige drivkrefter for utvikling av landbruket stå sentralt, mellom anna fleirbruksinteresser knytt til arealbruk og arealforvaltning. Ein syner til St.prp. nr.1 (2001-2002) for ein meir detaljert framstilling av områda i Handlingsplanen.

Styrkinga av budsjettet for 2003 skal særleg støtte opp under dei to områda trygge matvarer og klima og energi i Handlingsplanen, som er utvikla i tråd med dei tematiske satsingane i Forskingsmeldinga og i Langtidsplanen for landbruksforsking.

Post 51 Basisløyvingar til forskingsinstitutt m.m.
 

(i 1 000 kr)

Underpost

Nemning

Rekneskap 2001

Saldert budsjett 2002

Forslag 2003

51.11

Grunnløyvingar til forskingsinstitutt

87 925

88 384

91 420

51.12

Strategiske instituttprogram

50 793

52 020

53 617

51.13

Nasjonale oppgåver

6 619

8 119

8 387

51.14

Investeringsstøtte

2 000

2 000

2 066

Sum post 51

147 337

150 523

155 490

Noregs forskingsråd har ansvar for tildeling av basisløyvingar over post 51 til åtte forskingsinstitutt som Landbruksdepartementet har sektoransvar for; Akvaforsk, Bygdeforsking, Jordforsk, Norsk institutt for landbruksøkonomisk forsking (NILF), NORSØK, Planteforsk, Skogforsk og Veterinærinstituttet. Nokre av institutta har oppgåver som ikkje er forsking. Dei er til dels store og omfattar m.a. oppdrag frå Landbruksdepartementet og andre forvaltningsorgan. Løyvingane til desse oppgåvene som utgjer forvaltningsstøtte, utviklingsoppgåver og kunnskapsformidling, er ført opp under kap. 1112, 1140 og 1142.

Evalueringar

Ein internasjonal komité (Carlsson-komiteen) evaluerte i 2001 forsking og relevant høgre utdanning på landbrukssektoren. Eit sentralt spørsmål i evalueringa var framtidig tilknytingsform for dei fire institutta som no er forvaltningsorgan med særskilte fullmakter. Som omtalt i kat. 15.20, foreslår Landbruksdepartementet at NILF og Veterinærinstituttet held fram som forvaltningsorgan, medan ein tek sikte på å gjere om Skogforsk til eit aksjeselskap frå 2004, der staten i første omgang eig alle aksjane. Planteforsk si framtidige tilknytingsform vil bli vurdert i den pågåande samordningsprosessen med NORSØK og Jordforsk. Denne prosessen er og nærare omtalt i kat. 15.20.

Hovudtrekk i utviklinga

Økonomiske nøkkeltal for landbruksforskingsinstitutta 2001. Kjelde: Noregs Forskingsråd

Driftsinn-tekter1)

Drifts-resultat1)

Grunnløyving

Løyving til strategiske

program

Basisløv. Pr. forskarårsverk

Basisløyv. i

% av driftsinntektene

Mill. kr

1 000 kr

Mill. kr

Mill. kr

1 000 kr

Prosent

AKVAFORSK

55,8

-1 871

10,2

7,5

477

32 %

Bygdeforskning

13,9

845

2,0

2,4

276

31 %

Jordforsk

55,1

1 376

5,9

4,1

251

18 %

NILF

38,0

865

4,6

4,6

354

24 %

NORSØK

12,9

-412

3,3

4,2

831

58 %

Planteforsk

218,7

4 709

34,8

12,3

318

22 %

Skogforsk

71,6

1 302

19,9

11,4

598

44 %

Veterinærinstituttet

171,8

1 565

7,0

3,0

142

6 %

SUM

637,8

8 379

87,7

49,5

Gjennomsnitt

343

22 %

1) ekskl. finansinntekter og ekstraordinære inntekter

Personale, publisering og formidling ved landbruksforskingsinstitutta 2001. Kjelde: Noregs Forskingsråd

Totale årsverk

Forskarårsv. i % av totalt antall årsverk)

Tilsette med dr.grad pr. forskarårsv.

Vit.artiklar m/referee pr. forskarårsv.

Faglege rapportar pr. forskarårsv. 1)

Annan formidling pr. forskarårsv. 2)

Antall

Prosent

Forh.tall

Forh.tall

Forh.tall

Forh.tall

AKVAFORSK

76

49 %

0,67

0,73

2,0

2,4

Bygdeforskning

20

79 %

0,51

0,13

1,6

5,8

Jordforsk

75

53 %

0,35

0,28

2,9

4,3

NILF

67

39 %

0,31

0,19

2,1

6,2

NORSØK

25

36 %

0,33

0,67

0,2

14,1

Planteforsk

355

42 %

0,64

0,36

0,7

3,6

Skogforsk

108

49 %

0,69

0,63

1,1

3,3

Veterinærinstituttet

264

27 %

0,81

1,09

0,6

2,7

Gjennomsnitt

124

40 %

0,61

0,54

1,2

3,9

1) Omfattar rapportar i eigen rapportserie, i ekstern rapportserie og rapportar til oppdragsgjevare.

2) Omfattar fagbøker, lærebøker, kapitlar/artiklar i bøker, foredrag/framlagde paper/poster, populærvitsk. Artiklar og foredrag.

Landbruksforskingsinstitutta som gruppe har hatt ei tilfredsstillande økonomisk utvikling dei siste åra. Total omsetning har auka frå 557 mill. kr i 1997 til 638 mill. kr i 2001 (ekskl. finansinntekter og ekstraordinære inntekter). Bortsett frå AKVAFORSK og NORSØK har institutta hatt positive driftsresultat.

Forskingsrådet kanaliserte i 2001 183 mill. kr til institutta, fordelt med vel 137 mill. kr som basisløyvingar (grunnløyving + strategiske program) og 46 mill. kr som ordinære prosjektmidlar og andre løyvingar. Basisfinansieringa har vore stabil i perioden 1997 til 2001 og har kvart år utgjort om lag 20 pst. av dei totale inntektene. Grunnløyvinga er redusert med 18 mill. kr frå 1997 til 2001, medan løyvingane til strategiske program er auka med 28 mill. kr. Målsettinga om eit høvetal på 2:1 for grunnløyving i høve til strategiske program er oppnådd for landbruksforskingsinstitutta samla, sjølv om einskilde institutt kan avvike noko frå dette høvetalet.

Institutta har i 2001 hatt oppdragsinntekter frå offentleg forvaltning og næringsliv på 190 mill. kr fordelt med 56 pst. frå offentleg forvaltning og 44 pst. frå næringslivet. Inntektene frå forvaltninga viser ein auke på 18 pst. frå 1997 til 2001, medan inntektene frå næringslivet i same perioden auka med heile 45 pst.

Personalressursane utgjorde i 2001 989 årsverk, ein nedgang på om lag 8 pst. frå 1997. 40 pst. av desse årsverka er klassifisert som forskarårsverk. Dette er ein auke på 3 pst. i høve til 1997. Talet på tilsette forskarar med doktorgrad ved institutta viser og ei positiv utvikling i perioden 1997-2001. I alt 78 doktorgradsstipendiatar hadde arbeidsplass ved institutta, av desse var 63 pst. kvinner. I tillegg kjem 32 andre tilsette som arbeider med doktorgrad, slik at samla tal på tilsette som arbeidde med doktorgrad i 2001 var 110.

Talet på vitskaplege artiklar publisert i tidsskrift med refereeordning gjekk ned frå 1997 (272) til 1999 (177). Talet viste ein auke igjen i 2000 (239). I 2001 visar talet diverre igjen ein nedgang til 214 artiklar. Utrekna som artiklar pr. forskarårsverk er utviklinga den same. Gjennomsnittstalet var 0,69 artiklar pr. forskarårsverk i 1997 medan det i 2001 var på 0,54. Forskingsrådet vil fokusere på dette i dialogen med institutta framover.

Budsjettforslag 2003

Ein gjer framlegg om ei løyving på vel 155 mill. kr som basisløyvingar til forskingsinstitutt, fordelt på grunnløyving, strategiske instituttprogram, nasjonale oppgåver og investeringsstøtte til AKVAFORSK.

Institutt for akvakulturforsking AS (AKVAFORSK)

AKVAFORSK skal vere eit leiande forskingsinstitutt innan akvakultur på fagfelta avl/genetikk, ernæring og produktkvalitet. Den tverrfaglege kompetansen ved instituttet blir nytta til å skape betre lønnsemd, ressursutnytting, helsetilstand og kvalitet i akvakulturproduksjonen, og til å fremje oppdrett av nye artar.

AKVAFORSK er eit aksjeselskap eigd av NLH, Veterinærmedisinsk oppdragssenter AS (VESO), NVH, kommunane Sunndal og Averøy, Fiskeridepartementet og Landbruksdepartementet. Instituttet har 2/3 av sin verksemd i Møre og Romsdal, medan hovudkontoret ligg på Ås.

Rapport 2001

AKVAFORSK har hatt driftsunderskott dei siste fire åra, og den økonomiske situasjonen knytt til likvide midlar er alvorleg. Basisfinansieringa frå Forskingsrådet var på 17,7 mill. kr i 2001, som er ein auke på 2,5 mill. kr frå 2000. Basisfinansieringa har i perioden 1997-2001 vore mellom 30 og 34 pst. av dei totale driftsinntektene til instituttet. Talet på årsverk ved instituttet har i perioden 1997-2001 variert mellom 73 og 77, mens talet på forskarar som del av totale årsverk, har auka frå 44 pst. i 1997 til 49 pst. i 2001. Aktiviteten har i 2001 vore konsentrert om dei tre hovudinnsatsområda ernæring, avl/genetikk, og kvalitet. AKVAFORSK har hatt tre strategiske program som del av basisløyvinga frå Noregs forskingsråd.

Målsetjing 2003

AKVAFORSK skal vere leiande innan sine spesialfelt avl/genetikk, ernæring og produktkvalitet. Arbeidet med nasjonal allianseskaping med mange ulike aktørar innan havbruk skal vidareførast. Instituttet skal produsere tverrfagleg kunnskap til privat og offentleg sektor for å skape ei lønnsam akvakulturnæring innan rammene av ei berekraftig utvikling. Laks og aure er framleis hovudartar, men arbeidet for å overføre kunnskap frå dei etablerte til nye arter skal halde fram. Forskinga skal konsentrerast om hovudutfordringane: Avl med sikte på tilpassing av artar til oppdrett, god produktkvalitet, etisk produksjon og godt oppdrettsmiljø. Det skal spesielt satsast meir på å få til effektiv utnytting av fôr og forsking på nye fôrmidlar. Målsetjinga er at totalkompetansen ved AKVAFORSK skal vere eit viktig verkemiddel for ei vidare utvikling og eit større overskott for havbruksnæringa. Den breie kompetansen må nyttast i undervisninga AKVAFORSK utfører.

Departementet legg til grunn at AKVAFORSK i 2003 arbeider aktivt med å forbetre det økonomiske resultatet. Landbruksdepartementet vil som aksjonær følgje den vidare utviklinga i selskapet nøye, og vil saman med andre eigarar vurdere aktuelle tiltak om situasjonen krev det.

Norsk senter for bygdeforsking (Bygdeforsking)

Bygdeforsking blei frå 01.01.2001 ei eiga stifting. Bygdeforsking er eit nasjonalt senter som gjennom forsking og utviklingsarbeid skal gi fakta, analysar, idear og ny kunnskap som kan vere med å løyse problem og skape ei positiv utvikling i bygde-Noreg. Bygdeforsking har eit nasjonalt ansvar for å utvikle og ta vare på ein teoretisk og metodisk grunnleggjande forskingskompetanse innan bygdesosiologi.

Rapport 2001

I samband med endra organisasjonsform 01.01.2001 blei alle tilsette og prosjekt overført frå Senter for bygdeforsking, som var ei avdeling i Allforsk, til den nye stiftinga. Bygdeforsking har hatt eit positivt driftsresultat i heile perioden 1997-2001. I denne perioden har senteret vokse frå 15 årsverk i 1997 til 20 årsverk i 2001, av dei 13 og 16 årsverk forskarar. I same periode har basisfinansieringa auka frå 2,3 mill. kr i 1997 til 4,4 mill. kr i 2001. Bygdeforsking har i 2001 arbeidd med samfunnsvitskapleg forsking innan seks område; næringar i lokalsamfunn, forbrukarhaldningar og etikk, bedrift og produksjonskjeder, lokal utvikling, kultur og levekår og ressursforvaltning og miljø.

Bygdeforsking har hatt tre strategiske program som del av basisløyvinga frå Noregs forskingsråd.

Målsetjing 2003

Bygdeforsking skal framleis leggje vekt på kunnskapsutvikling og formidling innan felta:

  • næringsutvikling og sosiale endringsprosessar knytt til bygder og landbruk i omstilling

  • berekraftig bruk og forvaltning av naturressursar i kyst- og bygdesamfunn

  • næringsmiddelindustrien og lokal foredling av matvarer frå naturbaserte næringar

  • matproduksjon, forbrukarspørsmål og miljø i eit nasjonalt og internasjonalt perspektiv

  • bygdeutvikling med fokus på rekruttering og kjønnsspørsmål

Bygdeforsking må oppretthalde og vidareutvikle sitt omfattande samarbeid med nasjonale og internasjonale forskingsinstitusjonar, t.d. ved forskaropphald i utlandet, og med deltaking i komparative prosjekt i t.d. Norden og Europa.

Senter for jordfaglig miljøforsking (Jordforsk)

Stiftelsen Jordforsk er eit nasjonalt kompetansesenter innanfor jordfaglege og tilgrensande fagområde med hovudvekt på miljø og ressursspørsmål. Jordforsk har si faglege verksemd innan biologisk avfallshandtering, spesialavfall og miljøgifter, jordressursar og miljøinformasjon, hydrogeologi, økologisk renseteknologi og vann- og stoffbalanse i kulturlandskapet. Jordforsk har eige laboratorium, Jordforsk Lab, som leverar rutineanalysar til landbruket, miljøforvaltninga og forskinga.

Rapport 2001

Etter fleire år med driftsunderskott, hadde Jordforsk i 2001 eit solid, positivt driftsresultat. Instituttet sin basisfinansiering var i 2001 10,0 mill. kr og utgjorde 18 pst. av dei totale inntektene. Basisfinansieringa frå Forskingsrådet har vore stabil på dette nivået i heile perioden 1997-2001. Talet på årsverk ved instituttet er i perioden 1997-2001 redusert frå 87 til 75, mens talet på forskarar som del av totale årsverk har auka frå 50 pst. i 1997 til 53 pst. i 2001.

For å styrkje og samordne miljøforskinga danna Jordforsk saman med dei fire andre nasjonale miljøforskingsinstitutta i 2001 selskapet Miljøalliansen AS. Denne alliansen skal føre til ei enda sterkare verdiskaping og kunnskapsproduksjon i samfunnet. Jordforsk har hatt fire strategiske program som del av basisløyvinga frå Noregs forskingsråd.

Målsetjing 2003, jf. òg kap. 1140 post 77

Jordforsk skal styrkje forskingsaktiviteten gjennom spesielt å satse på fem sentrale kjerneområde der instituttet skal ligge på eit høgt internasjonalt forskingsnivå:

  • Berekraftig landbruk med fokus på ressursutnytting, jordkvalitet og miljøvirkningar

  • Naturbasert renseteknologi

  • Miljøgifter i jord, grunnvatn og avfall

  • Behandling og utnytting av organisk avfall

  • Hydrologiske endringar som følgje av naturinngrep og miljøkonsekvensar av disse.

Instituttet må auke den vitskapelege publiseringa og delta aktivt i internasjonale forskingsnettverk, m.a. gjennom EU-prosjekt. Jordforsk skal vere marknadsorientert og knytte sin aktivitet opp til kunnskapsutvikling for forvaltning og næringsliv.

Med utgangspunkt i St.prp. nr. 1 (2001-2002) blei det sett i gong eit utredningsarbeid for samordning av verksemda i Planteforsk og stiftingane Jordforsk og NORSØK. Basert på dette arbeidet og føringar gitt av Landbruksdepartementet og Miljøverndepartementet, har styra i dei tre institutta vedteke å arbeide vidare med sikte på samordning i ein organisasjon ut frå nærare gitte føresetnader.

Ei slik samordning er venta å gje faglege synergieffektar og skape ein viktig objektiv kunnskapsleverandør innanfor miljø og landbruk. Regjeringa foreslår derfor at dei tre institutta held fram arbeidet med samordning til ein organisasjon frå 01.01.2004.

Den jordfaglege miljøforskinga skal vere ein viktig del av verksemda og profilen i den nye organisasjonen, som vil motta grunnløyving frå Landbruksdepartementet og Miljøverndepartementet.

Denne prosessen er nærare omtalt i kat. 15.20.

Ein kjem attende til denne saka i budsjettproposisjonen for 2004.

Norsk institutt for landbruksøkonomisk forsking (NILF)

NILF er eit forskings-, utgreiings- og dokumentasjonsmiljø som skal medverke til høgt kunnskapsnivå i samfunnet og til eit solid grunnlag for økonomiske og landbrukspolitiske avgjerder knytt til produksjon, foredling og omsetning av landbruksprodukt. Instituttet skal vere leiande innanfor næringsøkonomi og føretaksøkonomi i landbruket og landbruksbasert industri.

NILF er eit forvaltningsorgan med særskilde fullmakter under Landbruksdepartementet.

Rapport 2001

NILF har hatt driftsoverskott kvart år i perioden 1998-2001, og instituttet sin økonomi er god. Basisløyvinga frå Forskingsrådet var i 2001 på 9,2 mill. kr som er ein auke på 0,9 mill. kr frå 2000. I perioden 1997 til 2001 har basisløyvinga i pst. av totale inntekter variert mellom 22 og 26 pst. I 2001 er det lagt stor vekt på å byggje opp og vidareutvikle instituttet sin forskingskompetanse gjennom målretta bruk av grunnløyvinga og dei strategiske programma til kompetanseheving, forskarutdanning, utanlandsopphald, auka kontakt med universitet og forskingsinstitutt nasjonalt og internasjonalt, og meritterande forsking. Resultata i form av tal på artiklar publisert i internasjonale tidsskrift med refereeordning er betra dei siste åra.

NILF har hatt to strategiske program som del av basisløyvinga frå Noregs forskingsråd.

Målsetjing 2003, jf. kap. 1140 post 50

Forskingsverksemda til NILF skal ta utgangspunkt i strategisk plan 2001-2003. Dette inneber at verksemda skal byggje på kjerneområda føretaksøkonomi, verdikjedeanalyse og nasjonal og internasjonal landbrukspolitikk. Instituttet må på same tid arbeide aktivt for å sikre tilgang på nye oppdrag. NILF skal auke brukarnytta av sine produkt t.d. ved å tilby forskingsbasert kunnskap om god driftsleiing og økonomistyring av landbruksføretak. Det vil vere viktig for instituttet å orientere seg etter marknaden og styrke kompetansen innanfor felt der ein kan rekne med at forsking og utgreiing vil bli etterspurd. Departementet legg til grunn at FoU relatert til matvareindustri og matvarehandel vil vere eit sentralt fagområde for NILF dei kommande åra. Både offentlege og private aktørar vil etterspørje arbeid på dette området. Departementet vil framleis ha stort behov for forsking og utgreiing om norske og internasjonale landbrukspolitiske spørsmål.

Dei nære forvaltningsrelaterte bindingane mellom departementet og NILF gjer at instituttet bør halde fram som forvaltningsorgan med særskilde fullmakter.

Norsk senter for økologisk landbruk (NORSØK)

Stiftelsen NORSØK er eit nasjonalt kompetansesenter med formål å fremme utviklinga av økologisk landbruk. Instituttet samarbeider nært med dei andre landbruksfaglege FoU institusjonane, og har sekretariatsfunksjonen for Forskingsutvalet for økologisk landbruk.

Rapport 2001

Etter to år med balanse i drifta, hadde NORSØK eit lite underskott på drifta både i 2000 og 2001. Instituttet si basisfinansiering har auka frå 4,8 mill. kr i 1997 til 7,5 mill. kr i 2001. Basisfinansieringa utgjorde i 2001 58 pst. av dei totale driftsinntektene. Basisløyvinga til NORSØK rekna pr. forskarårsverk er heller høg samanlikna med dei andre landbruksinstitutta. Dette vil endre seg i 2002 som følgje av overføring av 1,3 mill. kr frå grunnløyvinga til løyving over post 51.13 Nasjonale oppgåver, noko som er i samsvar med korleis desse midlane blir brukt.

Instituttet har lagt vekt på å auke den vitskaplege publiseringa. Forskinga har vore konsentrert om følgjande område : Analyse og utvikling av driftssystem, jordressursar, næringsstoff og organisk materiale både på gardsnivå og i verdikjeder, produksjonsmetodar og -strategiar for effektiv ressursutnytting i økologisk planteproduksjon, samt dyrevelferd og sjukdomsførebyggjande arbeid innan husdyrhaldet.

NORSØK har hatt tre strategiske program som del av basisløyvinga frå Noregs forskingsråd.

Målsetjing 2003

NORSØK skal vere eit leiande fagmiljø innan økologisk landbruk der FoU, formidling, næringsutvikling og opplæring skal vere hovudaktivitetane. Instituttet må arbeide vidare med å styrkje den forskingsfaglege kompetansen og auke samarbeidet med andre FoU- institusjonar både nasjonalt og internasjonalt for gjensidig utnytting av spesialkompetanse.

NORSØK må ta aktivt del i arbeidet med å nå målsettinga som Stortinget har sett om 10 pst. av arealet som økologisk innan 2010. Som eit ledd i dette må instituttet styrke arbeidet med formidling og informasjon om økologisk landbruk. Omlegging til økologisk produksjon stiller store krav til økt kompetanse hos primærprodusentar, og her skal NORSØK ha ein sentral rolle (jf. Inst. S. nr. 345 (2000-2001)). NORSØK har i denne samanhengen særleg satsa på å tilby kurs og opplæring til aktørar i verdikjeda, m.a. gjennom ei satsing på IKT. Dette arbeidet må førast vidare.

Med utgangspunkt i St.prp. nr. 1 (2001-2002) vart det sett i gong eit utgreiingsarbeid for samordning av verksemda i Planteforsk og stiftingane Jordforsk og NORSØK. Basert på dette arbeidet og føringar gitt av Landbruksdepartementet og Miljøverndepartementet, har styra i dei tre institutta vedteke å arbeide vidare med sikte på samordning i ein organisasjon ut frå nærare gitte føresetnader.

Ei slik samordning er venta å gje faglege synergieffektar og skape ein viktig objektiv kunnskapsleverandør innanfor miljø og landbruk. Regjeringa foreslår derfor at dei tre institutta held fram arbeidet med samordning til ein organisasjon frå 01.01.2004.

Det skal leggjast vekt på at forskings- og kompetansesenterfunksjonen innan økologisk landbruk framstår einsarta med ansvar for å sikre utøvarane i næringa tilstrekkeleg kompetanse til å leggje om drifta. Senteret på Tingvoll vil ha ein sentral plass i arbeidet.

Denne prosessen er nærare omtalt i kat 15.20.

Ein kjem attende til denne saka i budsjettproposisjonen for 2004.

Norsk institutt for planteforsking (Planteforsk)

Planteforsk skal utvikle kunnskap som grunnlag for ein konkurransekraftig, verdiskapande produksjon og ei berekraftig forvaltning av naturressursane. Kunnskapen skal styrkje grunnlaget for verksemd i distrikta, sikre miljøet og ivareta etiske og estetiske verdiar i samfunnet. Planteforsk skal vere leiande i bruksretta forsking og utvikling i planteproduksjon, eit nasjonalt kompetansesenter i plantefaglege spørsmål og skaffe fram kunnskap som medverkar til konkurransedyktig planteproduksjon, miljøforsvarlege produksjonsformer og forsvarleg bruk av naturgrunnlaget.

Planteforsk er eit forvaltningsorgan med særskilde fullmakter under Landbruksdepartementet.

Rapport 2001

Planteforsk har hatt driftsoverskott i heile perioden 1997-2001, og økonomien til instituttet er god. Planteforsk er eit stort institutt. Talet på årsverk ved instituttet er i perioden 1997-2001 redusert frå 407 til 355, medan talet på forskarar i høve til totale årsverk har auka frå 36 pst. i 1997 til 42 pst. i 2001. Basisfinansieringa var i 2001 på 47,1 mill. kr og utgjorde 22 pst. av dei totale inntektene, same prosentdel som i 2000. Planteforsk har laga ei strategisk utgreiing av kva som vil bli etterspurt av kunnskap dei næraste åra framover, og prioritert område som ein vil vurdere med omsyn til finansiering av FoU. Døme på dette er: faglege og økonomiske samanhengar mellom innsatsfaktorane i primærproduksjonen, trygge og sunne matvarer, lagring og transport av vegetabila, presisjons-jordbruk, økologisk produksjon, grøntanlegg og våtorganisk avfall. Instituttet har sett av midlar til utgreiingar, planlegging og søknadsarbeid på desse områda.

Planteforsk har hatt sju strategiske program som del av basisløyvinga frå Noregs forskingsråd.

Målsetjing 2003, jf. òg kap. 1112 postane 51 og 52

Planteforsk er engasjert i Handlingsplan for redusert risiko ved bruk av plantevernmiddel, og skal framleis spele ei nøkkelrolle i å skaffe fram kunnskap og i formidling. Planteforsk skal og ha viktige oppgåver i satsinga på plantehelse. Økologisk landbruk er eit satsingsområde som skal utviklast vidare i samarbeid med NORSØK.

Instituttet skal satse på auka samarbeid med næringslivet gjennom brukarstyrt forsking. Instituttet må halde fram arbeidet med dei nye satsingsområda, jamfør omtale i rapport 2001, med finansiering og iverksetting som dei viktigaste oppgåvene. Planteforsk må og halde fram arbeidet med å styrkje den vitskapelege kompetansen på prioriterte område og auke publiseringsraten i internasjonale tidsskrift.

Med utgangspunkt i St.prp. nr. 1 (2001-2002) blei det sett i gong eit utredningsarbeid for samordning av verksemda i Planteforsk og stiftingane Jordforsk og NORSØK. Basert på dette arbeidet og føringar gitt av Landbruksdepartementet og Miljøverndepartementet, har styra i dei tre institutta vedteke å arbeide vidare med sikte på samordning i ein organisasjon ut frå nærare gitte føresetnader.

Ei slik samordning er venta å gje faglege synergieffektar og skape ein viktig objektiv kunnskapsleverandør innanfor miljø og landbruk. Regjeringa foreslår derfor at dei tre institutta held fram arbeidet med samordning til ein organisasjon frå 01.01.2004.

Det leggjast opp til at også den nye organisasjonen har ein desentralisert struktur.

Denne prosessen er nærare omtalt i kat. 15.20.

Ein kjem attende til denne saka i budsjettproposisjonen for 2004.

Oppbygging av Nordnorsk kompetansesenter for landbruk og innlandsfisk skal halde fram, samt arbeidet med Genresssursutvalet for planter i Noreg. Det visast til meir omtale av desse prosessane i kap. 1112 post 51.

Norsk institutt for skogforsking (Skogforsk)

Skogforsk skal vere ein leiande forskingsinstitusjon innan fagområde knytt til skog. Instituttet skal styrkje det vitskaplege grunnlaget for ei berekraftig forvaltning av skogressursane, verdiskaping basert på skog og miljøinnsats i skog. Innan utvalde område skal Skogforsk vere på eit høgt internasjonalt nivå.

Skogforsk er eit forvaltningsorgan med særskilde fullmakter under Landbruksdepartementet.

Rapport 2001

Skogforsk har vore i ein vanskeleg økonomisk situasjon dei siste åra, men hadde i 2001 eit driftsoverskot. For å oppnå betre samsvar mellom utgifter og inntekter ved instituttet er det mellom anna gjennomført ein reduksjon i talet på tilsette frå 159 årsverk totalt i 1997 til 108 i 2001, ei reduksjon frå 72 til 52 forskarårsverk. Instituttet hadde ei basisfinansiering på 31,3 mill. kr frå Forskingsrådet i 2001, som svarar til 44 pst. av totale inntekter. I 1997 utgjorde basisfinansieringa 38 pst. Skogforsk har hatt seks strategiske program som del av basisløyvinga frå Noregs forskingsråd.

Målsetjing 2003, jf. òg kap. 1142 post 50

Forskinga ved Skogforsk skal ta utgangspunkt i Strategisk plan 2001-2004. Instituttet må halde oppe høg kompetanse innan ressursforvaltning, der den tradisjonelle skogforskinga står sterkt. Miljøinnsats i skogbruket er og eit viktig område som er nært knytt til god ressursforvaltning. Instituttet må vidareutvikle sin kompetanse når det gjeld verdiskaping og nye måtar å nytte trevirke og andre skogprodukt på. Dei faglege prioriteringane må tilpassast inntektsmoglegheiter, og samhandling med nye, potensielle kundar bør utviklast vidare.

Departementet tek sikte på å gjere om Skogforsk til eit aksjeselskap frå 01.01.2004 der staten i første omgang eig alle aksjane. Ein føreset at instituttet framleis ivaretek eit samfunnsmessig heilskapsperspektiv, samtidig som ein legg til rette for organisatorisk fridom til alliansebygging for å auke eksternt fagleg engasjement. Ein tek sikte på å komme tilbake til Stortinget med saka, jf. kat.15.20.

Veterinærinstituttet

Veterinærinstituttet er ei forvaltningsstøtteverksemd som skal vere leiande og konkurransedyktig innan forsking, overvaking og rådgjeving med framsynt beredskap innan mattryggleik, fôrhygiene, landdyr-, fiske-, og skjelhelse i Noreg.

Veterinærinstituttet er eit forvaltningsorgan med særskilde fullmakter under Landbruksdepartementet.

Rapport 2001

Veterinærinstituttet har hatt driftsoverskott kvart år i perioden 1997-2001. Instituttet si basisfinansiering har auka frå 5,4 mill. kr i 1997 til 10,0 mill. kr i 2001, men dette utgjer likevel ein liten del (6 pst.) av dei totale inntektene. Veterinærinstituttet gjer forvaltningsretta forsking og strategisk grunnforsking for å fylle oppgåva som kompetanseinstitusjon og forvaltningsstøtteinstitusjon. Forskinga omfattar landdyrhelse, fiske- og skjelhelse samt fôr- og næringsmiddelhygiene. I tillegg utfører Veterinærinstituttet eksternt finansierte forskingsoppdrag for m.a. industrien og EU.

Veterinærinstituttet har hatt fire strategiske program som del av basisløyvinga frå Noregs forskingsråd.

Målsetjing 2003, jf. òg kap. 1112 post 50

Det er eit overordna mål at forskingsverksemda ved Veterinærinstituttet skal aukast. I tråd med evalueringane som er gjort av verksemda, legg ein til grunn at Veterinærinstituttet særleg skal leggje vekt på forvaltningsretta forsking innan instituttet sine kjerneområde patologi, mikrobiologi, immunologi, kjemi, toksikologi og epidemiologi.

Endringane i rammevilkåra for internasjonal handel med dyr og dyreprodukt kan føre til auka risiko for innførsel av smittestoff og framandstoff. Veterinærinstituttet må i denne perioden prioritere forsking på diagnostiske, analytiske og epidemiologiske metodar, med sikte på å gi forvaltninga betre grunnlag for å kunne ta rette avgjerder. Vidare må Veterinærinstituttet legge stor vekt på internasjonalt samarbeid og deltaking i internasjonale forskingsprosjekt.

Dei nære forvaltningsrelaterte bindingane mellom departementet og Veterinærinstituttet gjer at instituttet bør halde fram som forvaltningsorgan med særskilde fullmakter.

Underpost 51.11 Grunnløyvingar til forskingsinstitutt

Grunnløyvingane skal gå til formål som er sentrale for forskinga ved institutta, slik som langsiktig kompetanseutvikling, fagleg fornying, rekruttering, forsking innan institutta sine kjerneområde, vitskapleg utstyr, kvalitetssikring, nettverksbygging, publisering og formidling.

Underpost 51.12 Strategiske instituttprogram

Noregs forskingsråd tildeler strategiske program til institutt og forskingsmiljø ved universitet og vitskaplege høgskolar innan Landbruksdepartementet sitt sektoransvar. Formålet er å skape forskingsmiljø av høg kvalitet gjennom målretta grunnleggjande forsking, brukarretta forsking og kompetanseoppbygging, slik at dei kan utvikle seg til gode reiskap for forsking, forvaltning og næringsliv innan sektoren. Programma skal føre til fagleg styrking og spesialisering av sentrale forskingsmiljø innanfor område som er aktuelle for næringsutvikling. Forskarutdanning skal vere eit sentralt element innan programma. Gjennom strategiske program kan ein medverke til ei god arbeidsdeling og eit godt samarbeid mellom FoU-miljøa med sikte på arbeid på tvers av ulike fag- og institusjonsgrenser og betre utnytting av den samla spisskompetansen innan mat- og landbruksforskinga.

Dei strategiske programma skal brukast til å utvikle kompetanse innanfor prioriterte forskingsfelt og felt der det er behov for rekruttering og til å etablere og vidareutvikle faglege tyngdepunkt. Programma skal vere retta inn mot satsingsområda i Langtidsplanen for landbruksforskinga og dei sju innsatsområda som er peikt ut for dei næraste åra.

Underpost 51.13 Nasjonale oppgåver

Løyvinga skal dekkje utgifter knytt til Skogforsk, Planteforsk, NORSØK og Jordforsk som gjeld bibliotek, referansesamlingar, deltaking i internasjonale organisasjonar og utgreiings- og informasjonsoppgåver.

Det er sett av midlar til medlemskap i Nordiske jordbruksforskarars foreining (NJF). NJF er eit forum for personar som er knytt til landbruksvitskapleg forsking, undervisning og rettleiing i Norden. Målet er å fremje jordbruksforskinga og formidle resultata gjennom utvikling av samarbeid mellom jordbruksforskarar i Norden.

Underpost 51.14 Investeringsstøtte

Forsøksstasjonen på Averøy blei kjøpt tilbake i 1996 basert på ein avtale mellom Noregs forskingsråd og AKVAFORSK AS og finansiert med tilskott frå Forskingsrådet i 10 år. Løyvinga skal dekkje Forskingsrådet sitt tilskott. Det er sett av 2 mill. kr til dette i budsjettforslaget for 2003.

Programkategori 15.30 Miljø, areal og næring

Utgifter under programkategori 15.30 fordelte på kapittel

 

(i 1 000 kr)

Kap.

Nemning

Rekneskap 2001

Saldert budsjett 2002

Forslag 2003

Pst. endr. 02/03

1140

Miljø- og næringstiltak i jordbruket

53 705

53 914

54 848

1,7

1142

Miljø- og næringstiltak i skogbruket

149 355

122 475

74 138

-39,5

1143

Statens landbruksforvaltning (jf. kap. 4143)

217 495

161 918

164 736

1,7

1145

Jordskifterettane (jf. kap. 4145)

137 267

135 811

142 967

5,3

1146

Norsk institutt for jord- og skogkartlegging (jf. kap. 4146)

69 144

61 167

65 634

7,3

1147

Reindriftsforvaltninga (jf. kap. 4147)

36 793

33 831

41 834

23,7

1148

Naturskade - erstatningar og sikring

90 206

61 497

90 356

46,9

1150

Til gjennomføring av jordbruksavtalen m.m. (jf. kap. 4150)

11 991 967

12 170 289

11 789 165

-3,1

1151

Til gjennomføring av reindriftsavtalen

122 500

103 000

100 900

-2,0

1161

Statskog SF - forvaltningsdrift

23 163

26 255

23 377

-11,0

2411

Statens nærings- og distriktsutviklingsfond (jf. kap. 5311)

32 100

Sum kategori 15.30

12 923 696

12 930 157

12 547 955

-3,0

Inntekter under programkategori 15.30 fordelte på kapittel

 

(i 1 000 kr)

Kap.

Nemning

Rekneskap 2001

Saldert budsjett 2002

Forslag 2003

Pst. endr. 02/03

4140

Miljø- og næringstiltak i jordbruket

1 415

4143

Statens landbruksforvaltning (jf. kap. 1143)

46 472

22 999

23 896

3,9

4145

Jordskifterettane (jf. kap. 1145)

10 482

12 687

13 182

3,9

4146

Norsk institutt for jord- og skogkartlegging (jf. kap. 1146)

27 815

16 749

17 402

3,9

4147

Reindriftsforvaltninga (jf. kap. 1147)

3 591

1 500

28

-98,1

4150

Til gjennomføring av jordbruksavtalen (jf. kap. 1150)

133 007

122 000

122 000

0,0

4164

Avvikling av Statens Landbruksbank

90 305

5311

Statens nærings- og distriktsutviklingsfond, lån til landbruksformål (jf. kap. 2411)

4 345 086

5545

Miljøavgifter i landbruket

34 875

40 000

40 000

0,0

5571

Totalisatoravgift

96 660

98 000

92 500

-5,6

Sum kategori 15.30

4 789 708

313 935

309 008

-1,6

Omtala under kategorien er delt mellom verkeområda miljø, areal og næring. Løyvingane under kategorien siktar mot å ta vare på og nytte ressursgrunnlaget i landbruket og i bygdene. Hovudmålsetjingane er utforma i tråd med prinsipp for berekraftig utvikling og langsiktig ressursforvaltning og dei tre hovudmåla er nært knytte saman.

Måla er:

  • eit berekraftig og utviklingsdyktig landbruk som gir grunnlag for lønnsemd, sysselsetting, busetting og verdiskaping

  • sikre areal og ressursar som varig grunnlag for alt frå landbruksproduksjon til produksjon av fellesgode

  • leggje til rette for at landbruket kan bidra til å løyse viktige miljøoppgåver

1. Miljø

Landbrukspolitikken femner om ei rekke tiltak som legg til rette for produksjon av ulike miljøgode som har stor verdi for samfunnet. Mange miljøtiltak er dessutan retta inn mot å førebyggje miljøskader som følgje av næringsverksemda. Gjennom ulike landbrukspolitiske verkemiddel og i dialog med miljøvernstyresmaktene arbeider departementet òg med vern og forvaltning av areal og ressursar i eit langsiktig perspektiv.

Miljøprofilen i landbrukspolitikken er styrkt dei siste åra. I tilknyting til budsjettet for 2001 la departementet fram ein handlingsplan om miljø. Denne inngår som ein del av oppfølginga av St.meld. nr. 58 (1996-97) Miljøpolitikk for en bærekraftig utvikling. Miljøhandlingsplanen er eit bindeledd mellom regjeringa sin landbrukspolitikk og miljøvernpolitikk og skal medverke til å gjere landbruket sitt sektoransvar for miljø tydelegare. Miljøhandlingsplanen gir ei samla framstilling og konkretisering av miljøtiltaka i landbrukspolitikken mellom anna med utgangspunkt i meldingar til Stortinget, jordbruksoppgjeret og statsbudsjettet. Planen har ein fireårig horisont.

Landbruksdepartementet si miljøsatsing går føre seg på mange ulike område og er knytt til næringsutøving innan jordbruk, skogbruk og reindrift.

Departementet vil i 2003 ha særskilt fokus på områda som er nemnd nedanfor. Nokre av desse blir omtalt nærare under punktet om arealforvalting og punktet om næringspolitikk og verdiskaping, og nokre tema blir omtalt i samband med miljøprofilen innanfor jordbruk, skogbruk og reindrift:

  • Biologisk mangfald: Landbruket byggjer på ein aktiv bruk av dei biologiske ressursane. Mangfaldet er utvikla gjennom dei livsvilkår som er skapt ved samvirke av mange faktorar over ein lang tidsperiode. Dei genetiske ressursane i landbruket bevarast både ved at dei inngår i produksjon så vel som i gen- og sædbankar og klonarkiv. Ei berekraftig forvaltning av desse verdiane i eit langsiktig perspektiv er avgjerande både for bevaring av biologisk mangfald og for eit framleis livskraftig landbruk. Alle land er gjensidig avhengig av tilgang til genetiske ressursar over landegrensene. Den internasjonale traktaten for plantegenetiske ressursar vil vere eit viktig reiskap for å sikra slik tilgang. I 2003 vil departementet delta i arbeidet med å gjennomføra traktaten både nasjonalt, i internasjonale fora og i det nordiske samarbeidet. God kunnskap om miljø og biologiske verdiar er nødvendig for å kunne drive eit miljøforsvarleg landbruk. Landbruksdepartementet legg derfor stor vekt på t.d. miljøregistrering i skog og kartlegging av viktige miljøkvalitetar i tilknyting til landbruksareale. Landbruksdepartementet tek del i arbeidet med å utvikle eit nasjonalt program for kartlegging og overvaking av biologisk mangfald og etablering av ein artsdatabank.

  • Kulturlandskap: Landbruket sitt kulturlandskap medverkar til å fremje miljøgode til samfunnet som landskapsbiletet, biologisk mangfald, kulturminner og rekreasjon. Produksjonen av desse miljøgoda er direkte knytt til ein aktiv landbruksproduksjon der ein tek miljøomsyn og tek vare på særlege miljøverdiar. Attgroing av utmarka i heile landet er ei særleg stor utfordring. Kulturlandskapet er òg eit viktig grunnlag for andre næringar og medverkar til verdiskaping, til dømes innan turist- og utmarksnæringar, og satsing på lokal matkultur.

  • Jordvern: Jordressursen er saman med luft og vatn blant dei viktigaste og mest grunnleggjande faktorar for biologisk produksjon og mangfald. I Noreg har vi knapt med areal med høgt biologisk produksjonspotensial og i tillegg er det lite dyrkingsreservar igjen i dei beste klimasonene. Jordressursen er ikkje fornybar, og i eit langsiktig perspektiv må ein derfor vere føre var og verne om jordsmonnet som ressurs. Miljøvern dreier seg om å sikre livsgrunnlaget for framtidige generasjonar og gjere det mogleg å tilfredsstille grunnleggjande menneskelege behov på kort og lang sikt. Langsiktige bevaring av jordressursane er derfor ein del av den nasjonale miljøvernpolitikken og ein sentral del av miljøarbeidet i landbrukspolitikken.

  • Barskogvern: I 2002 blei det gjennomført ei evaluering av barskogvernet. Evalueringa, som blei gjennomført av Norsk institutt for naturforsking og Skogforsk, konkluderer med at barskogvernet bør utvidast. Miljøverndepartementet vil gi råd om oppfølging av denne evalueringa. I samband med revidert nasjonalbudsjett for 2002 samarbeidde Miljøverndepartementet og Landbruksdepartementet om ei tilleggsløyving til barskogvern over Jordfondet fordi dette kan gi raske og fleksible løysingar knytt til utbetaling av erstatning og til ulike kompenserande tiltak. Stortinget slutta seg til ei tilleggsløyving på 25 mill. kr til Jordfondet. I tillegg kan midlar frå Jordfondet nyttast til barskogføremål slik at ein i 2002 har om lag 35 mill. kr ekstra for auka satsing på gjennomføring av det vedtekne barskogvernet. For ytterlegare å styrkje skogvernet arbeider Landbruksdepartementet med sal av Kjeller gard slik føresetnaden var i revidert nasjonalbudsjett for 2002, og at salsinntektene blir ført over til Jordfondet, jf. St.prp. nr. 63 (2001-2002). Departementet legg vidare opp til at ein på lenger sikt kan nytte om lag halvparten av Jordfondet sin kapital til skogvern. Landbruksdepartementet legg stor vekt på at auka vern av skog bør bli eit viktig element i den samla forvaltninga av skogressursane, og at eit auka skogvern må baserast på erstatning til skogeigarane i samsvar med gjeldande reglar.

  • Økologisk jordbruk: Gjennom å gjere det norske landbruket meir miljøforsvarleg og å auke mangfaldet og valmoglegheitene i matvaresektoren, medverkar økologisk jordbruk til å nå fleire landbrukspolitiske målsetjingar. Landbruksdepartementet satsar tungt for å nå målet om at 10 pst. av jordbruksarealet skal drivast økologisk innan 2010. Sjå nærare omtale under kap. 1150.

  • Bioenergi: Auka bruk av bioenergi skal medverke til å nå miljømessige mål om å minske klimagassutslepp og framtidig oppdekking av landet sitt energibehov og kan samtidig fremje verdiskapinga i landbruket. Det er ønskjeleg med ei sterkare satsing på dette området. I samband med jordbruksforhandlingane i 2002 blei derfor løyvingane til bioenergitiltak auka til 15 mill. kr, jf. pkt. 3, Skogbruk, Verkemiddel og kap. 1142 post 71.

  • Ressursgrunnlaget i reindrifta: I januar 2002 fastsette Reindriftsstyret høgste talet på rein til 63 700 rein for Vest-Finnmark reinbeiteområde. Vedtaket inneber at det må leggjast til rette for at fleire reindriftsutøvare må ut av næringa. I revidert nasjonalbudsjett 2002 blei det gitt ei tilleggsløyving over Reindriftsforvaltninga sitt budsjett for oppfølging av vedtaket. I samband med dette blei det hausten 2002 etablert eit prosjektkontor ved Reindriftsforvaltninga i Vest-Finnmark. Prosjektkontoret har ansvaret for å gjennomføre ein prosess mot kvart enkelt reinbeitedistrikt der ein på bakgrunn av drøftingar vil utarbeide tiltak som dekkjer behova til dei ulike distrikta. Vidare har Reindriftsforvaltninga som prioritert oppgåve å få fastsett øvre talet på rein også for sommarbeitedistrikta i Aust-Finnmark reinbeiteområde. Landbruksdepartementet legg stor vekt på å få fastsett desse rammevilkåra, som er nødvendige for å styrke berekrafta i reindrifta i Finnmark. Ein viser til nærare omtale under kap. 1151.

Miljøprofilen i jordbruket

Gjennom miljøpolitikken i jordbruket arbeider ein for å innarbeide miljøomsyn i næringa i tråd med prinsippa om berekraftig utvikling og langsiktig ressursforvaltning. Det er nødvendig å sikre at økosystem som jordsmonn, vatn og luft ikkje blir skadd samstundes som produksjonsevna med omsyn til både mengde og kvalitet oppretthaldast eller forbetrast over tid. Landbruket skaper og tek vare på viktige fellesskapsverdiar og ein legg stor vekt på å utvikle og skjøtte kulturlandskapet og forsterke omlegginga til miljøforsvarlege driftsformer som t.d. økologisk produksjon. Mange av verkemidla over jordbruksavtalen er retta inn mot miljøarbeidet i næringa. Verkemidla som blir nytta har eit breitt verkeområde og skal sikre ei god oppfølging av både nasjonale og internasjonale miljøforpliktingar slik som føresett i stortingsmeldingar og internasjonale avtalar. Miljøarbeidet i jordbruket er nærare omtalt i kap. 1140.

Alle jordbruksføretak skal i 2003 utarbeide ein miljøplan med registrering av miljøutfordringar og gjennomføring av tiltak. Sjå nærare omtale under kap. 1140 og kap. 1150.

Miljøprofilen i skogpolitikken

Departementet legg vekt på å utnytte skogsektoren sine moglegheiter for å løyse viktige miljøoppgåver. Skogen er ein fornybar ressurs som kan medverke til utvikling av meir berekraftig produksjon og forbruk fordi trevirket gir meir miljøvenlege produkt. Skogen sin innverknad på klimaet er til dels teken omsyn til i Kyotoprotokollen, men dei positive effektane av det langsiktige skogbruket i boreale strøk er ikkje tilstrekkeleg reflektert. Skogen si potensielle rolle i klimagassrekneskapen er seinast omtala i St. meld. nr. 54 (2000-2001) og St. meld. nr. 15 (2001-2002) Tilleggsmelding til St. meld. nr. 54 (2000-2001).

Bruk av bioenergi skal medverka til å nå mål om å minske klimagassutslepp og om framtidig oppdekking av landet sitt energibehov.

Miljøprofilen i det næringsretta skogbruket er styrkt gjennom dei siste åra. Dette har skapt auka miljømedvit i heile skogsektoren. Prosjektet Miljøregistrering i skog (MiS) blir følgt opp i samband med skogbruksplanlegging, vegbygging og skogdrift og gjennom tilskott til miljøomsyn i skogbruket. Det aller meste av tømmeret som blir selt i Noreg er no sertifisert.

Ein ønskjer i framtida å styrke satsinga på bevaring av skogstrea sine genetiske ressursar, særleg i samband med arbeidet med frø- og planteforsyninga. Dette arbeidet vil m.a. skje som eit ledd i det nordiske samarbeidet.

Miljøarbeidet i skogpolitikken er nærare omtalt under pkt. 3 og i kap. 1142.

2. Arealforvalting

Samfunnsplanlegging

Sjølv om landbruks- og reindriftsforvaltinga no er i betre inngrep enn tidlegare med dei viktigaste planprosessane, blir det i mange tilfelle ikkje teke tilstrekkeleg omsyn til desse interessene i fylkesplanar, kommuneplanar og konsekvensutgreiingar. Kommunane sitt ønskje om vekst og utvikling og sentralisering av befolkning og næringsliv gir eit sterkt press for å ta landbruksareal i bruk til anna formål.

Kommunane har hand om samfunnsutviklinga gjennom kommuneplanlegginga. Arealplanlegginga er ein viktig del av dette, og dei fleste vedtaka om nedbygging av landbruksareal blir fatta av kommunane etter plan- og bygningslova. Det er kommunen sjølv, som landbruksstyresmakt, som då skal sjå til at ressursgrunnlaget for landbruket ikkje blir øydelagd. Det er eit mål at det blir lagd meir vekt på jordvernet i kommunane, for å sikre eit langsiktig ressursgrunnlag og ein varig verdiskaping i landbruket.

Ein landbruksplan kan vere eit sektorinnspel til kommuneplanprosessen. Planen kan verke til å sette landbruket på dagsorden i kommunen, vise arealverdiar og interesser i næringa og medverke til dialog internt i kommunen. Landbruksdepartementet tilrår derfor kommunane å utarbeide ein landbruksplan, der fylkesmannen kan rettleie og formidle røynsler kommunane i mellom.

Stortinget har vedtatt at 13 pst. av Noreg sitt landareal skal vernast etter naturvernlova. Dette får konsekvensar for landbruksnæringa. Landbruksdepartementet har som mål å samordne arealvern med bruk av naturressursane. Gode planprosessar kan leggje til rette for god lokal forvaltning av dei områda som blir verna, og dempe motsetningar mellom overordna formål med vernet og lokale ønskjer om arealbruk.

Jordvernpolitikken

Ein langsiktig politikk for å sikre matforsyning i Noreg inneber eit sterkt jordvern. Dyrka og dyrkbar jord er ein grunnleggjande ressurs for å tilfredsstille menneskelege behov på kort og lang sikt, og vern om jordsmonnet er derfor ein viktig del av miljøvernpolitikken. I det langsiktige perspektivet er det viktig å verne om areal som ein kan dyrka matkorn på, og samstundes syner røynslene frå Tsjernobyl ulykka at det òg er viktig å kunne produsere mat på eit spreitt geografisk område for å vere mindre sårbar ved kriser. Vern om jordressursen mot nedbygging er derfor ei viktig nasjonal interesse.

Kvart år blir nærare 20 000 daa jord bygd ned, tross i ein styrkt jordvernpolitikk. Dersom nedbygginga held fram vil dette få alvorlege følgjer for framtidig matforsyning i Noreg. Departementet er bekymra over utviklinga, og det er ei stor utfordring å redusere nedbygginga av dei mest produktive areala. Departementet vil i 2003 arbeide med å sette eit konkret mål for reduksjonen i areal nedbygd dyrka og dyrkbar mark, og vil prioritere oppfølging av kommunar og fylke for å få dei til å ta eit større ansvar og sikre at jordvernet faktisk blir lagd til grunn i arealplanlegginga. Det er ei stor utfordring for kommune- og fylkespolitikarar å sikre viktige nasjonale ressursar samstundes som tiltak for vidare samfunnsutvikling må finne gode løysingar. Med ein god lokaliseringsprosess der vurdering av ulike alternativ og deira konsekvensar inngår i planlegginga, er det ofte mogleg å kombinere vekst og vern. Det er viktig at dei regionale landbruksstyremaktene følgjer opp den nasjonale jordvernpolitikken og fremmer motsegn der politikken ikkje er følgt opp.

Mange golfbaner har hittil blitt etablert på dyrka mark av god kvalitet. Det er ei utfordring å sjå til at rundskriv T-2/2001 om arealplanlegging og golfbanar blir følgt opp i arealplanlegginga i kommunane. Departementet vil derfor styrke dialogen med landbruksavdelingane hos Fylkesmannen og fylkeslandbruksstyra i høve til planbehandlinga i golfbanesaker.

Ein treng gode arealdata for å arbeide målretta med jordvernet og sikre dei beste landbruksareala. Landbruksdepartementet vil derfor m.a. utvikle jordressurskart som syner produksjonsevna til areala. Ein vil òg betre registreringa av avgang av landbruksareal gjennom å hente tall frå kommunane ved hjelp av Kostra-systemet. Den sektorvise rapporteringa vil bli avvikla i tråd med føringane i St.prp. nr. 82 (2000-2001). Kommunane skal og få tilgang til digitale kart over Internett (jf. kap. 1146) til hjelp for saksbehandling og rapportering. Landbruksdepartementet samarbeider òg med Statistisk sentralbyrå om å utvikle registerbaserte metodar for å overvake vekst i tettstader og byar som går ut over landbruksareal.

Areal- og jordvernpolitikken er tydeleggjort dei siste åra, og departementet meiner det er i utøvinga av arealforvaltinga i kommunane at jordvernet ikkje blir nok lagt vekt på. Landbruksdepartementet vil derfor i tida framover leggje meir vekt på formidling og dialog omkring areal- og jordvernpolitikken. Som eit ledd i dette vil departementet arrangere ein konferanse om jordvern i 2003, med mål om betre opplysing og forståing av innhaldet i jordvernpolitikken.

Reindrift

Reindrift er ein svært arealkrevjande næring med marginale beiteområde, behov for ulike sesongbeiter og flytteveier mellom dei. Inngrep og forstyrring innafor beiteområda og fragmentering av beiteland har vore, og er truleg, ein av dei alvorlegaste truslane mot reindrifta sitt arealgrunnlag og dermed det materielle grunnlaget for samenes kultur. På denne bakgrunn er det behov for å styrke vernet av reindrifta sine areal, - særleg dei areala som er avgjerande for ein berekraftig reindrift. Reindriftsforvaltninga vil utarbeide ein metode for å lokalisere desse areala, og utarbeide ein verdiklassifisering på arealbrukskart. Eit anna sentralt verktøy i samhandlinga mellom reindrifta og offentleg forvaltning er reindrifta sine distriktsplanar.

Motsegn kan vere eit nødvendig verkemiddel for staten dersom viktige nasjonale interesser står på spill. Det enkelte områdestyre har gjennom forskrift fastsett av Landbruksdepartementet fått kompetanse til å vere motsegnsstyresmakt i saker etter plan- og bygningsloven. Der reindrifta ikkje blir teken omsyn til i planlegginga, nyttast motsegn i stor utstrekning. For å redusere bruken av motsegner er det viktig at reindrifta sine forvaltnings- og styringsorgan blir meir delaktige på eit tidleg stadium i planprosessane.

Naturressursdata

Gode data om areal- og skogressursane er viktig for ein lønnsam og miljøtilpassa næringsverksemd og for at ein skal ta omsyn til samfunnets mål om forvaltning av kulturlandskapet. Resultatkontroll for oppfølging av landbrukspolitikken krev òg eit oppdatert datagrunnlag.

Departementet har sikra mykje av den statlege landbruksforvaltninga og dei næringsdrivande i jord- og skogbruk rett til data gjennom Geovekst-samarbeidet, slik at ein kan nytte komplette digitale grunnkart til alle forvaltningsoppgåver. Digitale kartdata (data om jordmonn, skog, markslag, vegetasjon og beitebruk) blir lagt ut på Internett og blir betre tilgjengeleg for ålmenta, næringslivet og forvaltninga. Dette er eit tiltak for å modernisere forvaltninga og betre vilkåra for dei næringsdrivande. Det er og ein viktig del av landbruket sitt bidrag til auka elektronisk innhald på internett, jf. kap. 1146.

Digitale markslagskart (DMK) er grunnstamma i landbruket sine data om arealressursane. DMK ligg føre for store område og blir i aukande grad nytta i kommunane. Ein vil bruke auka ressursar på ajourhald, mellom anna ved hjelp av flyfoto, for å betre kvaliteten på karta slik at dei kan nyttast i forvaltning av dei arealbaserte tilskotsmidlane i jordbruket. Kontroll ved hjelp av kart har t.d. synt at jordbruksareala er mindre enn det som kjem fram av tall i landbruksregisteret. Jordsmonnkart gir data om eigenskapar ved jordsmonnet. Desse karta vil bli brukt meir ettersom det blir krav om miljøplan og dokumentasjon av kvalitet i jordbruket, jf. kap. 1140 og kap. 1146.

Ein reknar med at reindrifta sine arealbrukskart får auka betydning i offentleg planlegging. Dette er distriktsvise digitale kart som dekker alle reinbeitedistrikta i Noreg. Det er viktig at materialet blir halde ved like og at ein sikrar god elektronisk tilgang for brukarane.

Juridiske verkemiddel

Dei juridiske verkemidla i jord- og konsesjonslovgivinga er viktige for bruksstrukturen, for bruken av arealressursane og dermed også for den samla næringsverksemda i landbruket.

Ei særs viktig utfordring framover er å arbeide for modernisering og forenkling av lover og regelverk. Regelverket bør bli lettare å forstå for borgarane, og reglane bør vere dimensjonerte i høve til føremålet med reguleringa.

Ei anna viktig utfordring er å sikre effektiv forvalting og stor grad av måloppnåing samstundes som ein sørgjer for å sikre borgarane sine behov for rettsvern. Ønskje om å sikre busettinga i distrikta på ein balansert og framtidsretta måte er eit mål som det er semje om. Vidare vil ein òg framover stimulere til kostnadsreduksjonar gjennom strukturendringar på eigarsida.

Konsesjonslova (lov 31. mai 1974 nr. 19) og odelslova (lov 28. juni 1974 nr. 56) blei endra i mai 2001. Staten og kommunane sin forkjøpsrett blei oppheva og arealgrensa i konsesjonslova ved konsesjonsfri overtaking av eigedom som det er bygd på blei heva frå 5 til 20 dekar. I tillegg til dette blei innhaldet i den lovfastsette buplikta etter konsesjonslova og odelslova nærare fastsett i lova, samstundes som omsynet til busettinga blei styrkt i saker som gjaldt søknad om fritak frå buplikta. Endringane i forkjøpsretten blei sett i kraft 04.05.2001. Dei andre endringane ble sett i kraft 01.09.2001. I samband med endringane blei det utarbeidd nye rundskriv om praktiseringa i saker som gjeld konsesjon og bu- og driveplikt. Som oppfølging av Skogmeldinga og Landbruksmeldinga blei rundskrivet om prisvurdering ved overtaking av landbrukseigedom revidert i 2002.

I eit høyringsnotat mai 2002 har departementet fremma forslag om fleire og viktige endringar i omfanget av konsesjonsplikta. Endringane inneber at borgarane må søke konsesjon i færre høve enn i dag. Eit av forslaga går ut på at det skal vere konsesjonsfritt å overta eigedom ikkje større enn 100 daa som det er bygd på dersom ikkje meir enn 20 daa av arealet er fulldyrka. Det er ein føresetnad at overtakaren ikkje gjer bruksendring i strid med plan. Det er òg fremma forslag om at overtaking av eigedom utan bygningar i mange høve skal vere konsesjonsfritt. Konsesjonsfridomen er knytt til plansituasjonen.

I 1999 blei det sett i gang ei prøveordning der kommunane i Sogn og Fjordane, Nordland og Oppland fekk fullmakt til å avgjere alle saker som gjaldt konsesjon og om bruk av staten sin forkjøpsrett. Ordninga skulle vare fram til 31.12.2001. Departementet har evaluert kommunane sin praksis i denne perioden. Kommunane har i det store og heile behandla sakene i tråd med retningslinjene. Det er likevel nokre svake sider ved behandlinga, mellom anna når det gjeld reglane i forvaltningsloven.

I St.meld. nr. 19 (2001-2002) Nye oppgaver for lokaldemokratiet - regionalt og lokalt nivå, er det lagt til grunn at kommunane i framtida skal ta avgjerd i saker som gjeld konsesjon etter konsesjonslova og deling etter jordlova. Det er lagt til grunn at denne endringa skal gjennomførast frå 01.01.2004. Prøveordninga i Sogn og Fjordane, Nordland og Oppland er derfor forlenga fram til dette tidspunktet.

Når avgjerda i saker som gjeld konsesjon og deling blir lagt til kommunane, fører dette til at avgjerda blir teken nærare dei det gjeld. Endringa får ikkje verknad for borgarane i denne budsjettperioden, men det er grunn til å ruste opp fylkesmannsembeta slik at dei betre kan møte dei rettleiingsoppgåvene dei blir stilt ovanfor ved delegasjonen.

Det er nødvendig å førebu fylkesmennene og Statens landbruksforvaltning på at dei får ei ny rolle når konsesjons- og delingssakene blir delegerte. I desse organa må ein tidleg rette auka merksemd mot den rolla organa har for å sikre borgarane sitt rettsvern og ruste dei til å bli gode hjelparar for kommunane.

Der det blir søkt om fritak frå bu- og driveplikt er det særs viktig å oppretthalde ei balansert utøving av mynde bygd på langsiktige strategiar. Slike strategiar er nedfelt i praktiseringsrundskriva. Praksis i samsvar med rundskriva verkar til å sikre tryggleik og gjere det mogleg å vite kva slags behandling sakene vil få i framtida.

I medhald av jordlova §6, jf. §1 skal det offentlege leggje til rette for strukturrasjonalisering i landbruket. Det er lagt til grunn mellom anna i St.meld. nr. 19 (1999-2000) at denne aktiviteten bør knytast til å stimulere den frivillige rasjonaliseringa. Ein forutset at fylkeslandbruksstyra som før prøver å kjøpe eigedom med tanke på sal som tilleggsjord. Jordfondet må i denne samanhengen brukast som mellomfinansiering i framtida òg. Der det ligg til rette for det bør òg verkemidla i konsesjonslova nyttast for å oppnå betre løysingar for bruksstrukturen.

Jordfondet har til nå blitt brukt for å forskottere utgifter som staten har hatt når staten har kjøpt eigedom med sikte på å selje den vidare som tilleggsareal til gardsbruk og til forskottering av eigedomskjøp i samband ved samferdslejordskifte. I 2002 blei Jordfondet sin kapital utvida slik at fondet òg kan brukast til erstatning i samband med barskogvern, jf. tidlegare omtale av miljø. Vedtektene til Jordfondet må i samanheng med dette endrast slik at fondet i framtida kan brukast både til forskottering av kjøp av tilleggsjord og til erstatning for barskogvern.

Jordskifte - jordskifterettane

Jordskifterettane er særdomstolar som arbeider med oppgåver heimla i jordskiftelova. Om lag alle krava om jordskifte kjem frå privatpersonar som eig areal eller har bruksrett. Dei juridiske verkemidla i jordskiftelova blir brukte til å skape betre eigedomsstruktur, klarare rettstilhøve for fast eigedom, samarbeid på tvers av eigedomsgrensene og auka bruk av grunnareal som erstatning ved ekspropriasjon. I praksis medverker verkemidla til konfliktløysing og samarbeid på tvers av eigedomsgrensene, noko som både medverkar til eit betre miljø og samarbeidsklima samtidig som ein får utnytta naturressursane på ein betre og meir rasjonell måte. Jordskiftelova er endra slik at jordskifterettane no har dei nødvendige verkemidla til å gjennomføre makeskifte òg knytt til barskogvern.

Mange jordskifterettar har store restansar. Det er derfor eit viktig mål å få redusert ventetid og saksbehandlingstid ved jordskifterettane for å ivareta rettstryggleiken til partane på ein betre måte. Jordskifterettane blir omorganiserte og moderniserte, og gjennom denne prosessen legg ein stor vekt på at tidsbruken skal gå ned slik at jordskifterettane kan stå fram som ein aktuell særdomstol for grunneigarane og samfunnet.

Eit regjeringsoppnemnt utval (Løken-utvalet) har greidd ut jordskifterettane si stilling og funksjonar. Innstillinga blei lagt fram 03.06.2002. Den er trykt som NOU 2002: 9, og sendt på brei høyring med frist 15.10.2002.

3. Næringspolitikk og verdiskaping

Innleiing

Innan dette verksemdområdet er siktemålet å få til ei heilskapleg landbruksbasert verdiskaping der ein ser dei tradisjonelle landbruksnæringane i samanheng med nye næringstiltak.

I Semerklæringa er følgjende mål lagt til grunn for dette verkeområdet

  • "sikre rammevilkår som gir ny optimisme i landbruket. Økt forbrukerretting kan kombineres med fortsatt desentralisert landbruk med variert bruksstruktur. For å legge til rette for økte inntektsmuligheter for aktive utøvere og for å sikre den fremtidige rekrutteringen til landbruket skal det tas større hensyn til bruk hvor jordbruksproduksjonen utgjør et viktig bidrag til inntekten. Dette oppnås blant annet ved å sikre at også heiltidsbonden får inntekter gjennom mer produksjonsnøytrale støtteordninger.

  • sikre gode inntektsmuligheter fordi dette er avgjørende for å sikre matvaresikkerhet og tilstrekkelig produksjon av trygg mat med høy kvalitet.

  • legge til rette for at aktive utøvere skal få en inntektsutvikling på linje med andre grupper i samfunnet.

  • gi næringsutøverne i landbruket en mer selvstendig rolle.

  • at importvernet fortsatt må sikre norsk landbruksproduksjon på viktige områder.

  • opprinnelsesmerke matvarer og fremme tiltak for at økologiske produkter skal stå sentralt.

  • forenkle dagens omfattende virkemiddelsystem for å få et mer fleksibelt og mindre detaljert regelverk.

  • forbedre vilkårene for samdrift i landbruket. Reglene må sikre at utøverne er aktive brukere.

  • videreføre målene og de grunnleggende prinsippene for pris- og markedsregulering for jordbruksvarer. Dette innebærer at landbrukssamvirket fortsatt skal ha en sentral rolle i gjennomføringen av landbrukspolitikken. Samtidig må uavhengige aktører sikres rettferdige rammebetingelser. Sentrale konkurransevilkår må fastsettes av Statens landbrukstilsyn eller et annet uavhengig organ.

  • vurdere konsesjonsgrensene i svin-, egg- og kyllingproduksjon som er direkte relatert til størrelse med sikte på å bedre inntektsmuligheter og reduserte kostnader.

  • videreføre forhandlingsinstituttet, men forenklinger i forhandlingsopplegget vurderes.

  • gi næringsutøverne i landbruket en mer selvstendig rolle.

  • forenkle dagens omfattende virkemiddelsystem for å få et mer fleksibelt og mindre detaljert regelverk"

Regjeringa legg vekt på at dei tre verdiskapingsprogramma som er etablert for høvesvis norsk matproduksjon, reindrift samt skog og trevirke skal utnytte det potensial som ligg i ei aktiv satsing på både kvinner og menn i næringa.

Jordbruk

Hovudtrekk i jordbrukspolitikken

I Sem-erklæringa visar ein til at desentralisert landbruk med variert bruksstruktur er viktig både av beredskapsomsyn og av omsyn til behovet for trygg mat. Landbruket spelar òg ein vesentleg rolle for å sikre levende bygder og spreidd busetting. Ressursane må vidare forvaltast på ein berekraftig måte slik at det biologiske grunnlaget og miljøkvalitetar i kulturlandskapet sikrast.

Regjeringa vil vidare arbeide for eit livskraftig landbruk som utnyttar ny teknologi og nye marknadsmoglegheiter og gir forbrukarane kvalitetsprodukt til konkurransedyktige priser. Både ut frå nasjonale omsyn og framtidige utfordringar som følgje av auka konkurranse, er det nødvendig å gjennomføre endringar i jordbrukspolitikken som kan medverke til omstilling og effektivisering i næringa.

Regjeringa legg auka vekt på at det må bli tatt større omsyn til bruk kor jordbruksproduksjonen utgjer et viktig bidrag til inntekta. Jordbruksavtalen for 2002-2003 skal medverke til omstilling og effektivisering og at aktive utøvarar skal få ein inntektsutvikling på linje med andre grupper i samfunnet, kombinert med eit desentralisert landbruk med variert bruksstruktur. Regjeringa legg til grunn at betre utnytting av moglegheitene i marknaden, auka mangfald, ein balansert marknad, strukturelle endringar og fornuftige tilpassingar av kostnader i aukande grad vil vere viktig for å nå ei rimeleg inntektsutvikling i jordbruket.

For avtaleperioden 2002-2003 er det gjort ein moderat omfordeling av økonomiske verkemidlar i retning av bruk som har ressursgrunnlag til å vere ein hovudinntektskilde for brukarfamilien. Det er gjennomført enkelte strukturelle tilpassingar som skal stimulere til auka effektivitet, konkurransekraft og redusert overføringsbehov over tid bl.a. ved å forbetre rammevilkåra for brukarar som vel å gå inn i samarbeidsføretak. Vidare blir meir av overføringane flytta over til skatteordningar. Dette medverkar til at overføringane i noe større grad blir retta inn mot føretak som driv med sikte på næringsinntekt av eit visst omfang over tid. Verkemidla blir derfor i sterkare grad knytt til verksemd som er næringsmessig viktig.

Med dei utfordringane det norske jordbruket står ovanfor er effektivisering og kostnadsreduksjon i vareproduksjonen nødvendig for at jordbruket over tid framleis skal vere i stand til å produsere dei fellesgoda samfunnet spør etter. Mjølkeproduksjonen er viktig både i omfang og for bidraget til inntektsmoglegheiter i mange distrikt. Store delar av overføringane over jordbruksavtalen går til mjølkeproduksjonen kor strukturen har vore tilnærma låst sidan innføringa av kvoteordninga i 1983. Regjeringa meiner det er nødvendig å auke mjølkeprodusentane sitt handlingsrom for å medverke til ein meir effektiv produksjon gjennom ein friare omsetning av mjølkekvotar. I Jordbruksavtalen for 2002-2003 er det innført endringar i kvoteordninga for mjølk som inneber ein friare omsetning av kvotar.

Det er ei viktig målsetjing for regjeringa å sikre grunnlaget for gode levekår i alle delar av landet. Ei stabil busetting er ein viktig føresetnad for å kunne realisere viktige samfunnsmål knytt til ressursutnytting, miljø, velferd og trivsel. Som basisnæringar for busettinga i distrikta må ein gi primærnæringane økonomiske og sosiale rammevilkår som kan sikre rekruttering og utnytting av lokale ressursar. Det blir vidare lagt til rette for utviklinga av alternative arbeidsplassar i tilknyting til landbruket, særleg for kvinner.

Den samla næringspolitikken for bygdene må styrke og utvide næringsgrunnlaget for å utvikle eit allsidig næringsliv og eit breiare grunnlag for busetjingsmønsteret. Det blir lagt vekt på ein utviklingsretta bruk av verkemidla der det er eit strategisk mål å mobilisere ressursane gjennom lokale prosessar.

Bygdeutviklingsmidlane er det sentrale verkemiddelet for å fremme lønnsam næringsutvikling innan og i tilknyting til landbruket. Næringa si interesse for ordninga er stor i alle delar av landet, og satsinga syner gode resultat i form av arbeidsplassar og positive ringverknader i distrikta. For rapportering på bruk av BU-midlar i 2001 blir det vist til St.prp. nr. 65 (2001-2002) Om jordbruksoppgjøret 2002. BU-midlane er nærare omtalt under kap. 1150.

Ein meir open konkurransesituasjon krev ei offensiv utnytting av dei moglegheitene som ligg føre. Det gjeld å nytte marknadssignal og tilpasse produksjonen til marknaden, med særleg vekt på auka utvikling av nye produkt og tenester det er etterspørsel etter. Departementet vil gjennom verdiskapingsprogrammet for norsk matproduksjon medverke til høgare verdiskaping både innan primærproduksjon og foredling gjennom betre utnytting av marknadsmoglegheitene. Satsinga på økologisk landbruk er òg sentral i denne samanhengen.

Norsk landbruk og næringsmiddelindustri møter aukande internasjonal konkurranse på heimemarknaden både som følgje av internasjonale handelsavtalar og gjennom den aukande grensehandelen. Det har særleg vore auke i importen av bearbeida landbruksvarer dei seinare åra.

Det pågår fleire internasjonale forhandlingsprosessar som er viktige for importen av landbruksvarer til Noreg. Både i dei pågåande WTO-forhandlingane og forhandlingar med EU om artikkel 19 og protokoll 3 i EØS-avtalen er marknadsgang for landbruksvarer tema. Forbrukarane stiller auka krav til produktmangfald og variasjon. Dette påverkar òg etterspurnaden etter utanlandske produkt. Den aukande internasjonale konkurransen stiller norsk landbruk og næringsmiddelindustri ovanfor monalege utfordringar om ein skal kunne behalde sin del av marknaden.

Mat

Regjeringa sin matpolitikk er bygd opp kring tre hovudelement:

  • trygg mat av riktig kvalitet

  • ei langsiktig matforsyning

  • nyskaping, mangfald, og verdiskaping knytt til produksjon av matvarer.

Det er ein grunnleggjande føresetnad at all mat som blir bydd ut for sal skal vere trygg. Dette elementet i matpolitikken er det gjort nærare greie for i kat. 15.10.

Matpolitikken legg til grunn ei langsiktig nasjonal matforsyning, der alle menneske til ei kvar tid har tilgang til mat og fullgodt kosthald som grunnlag for eit aktivt liv med god helse. Forbruket av mat i Noreg blir dekt både gjennom nasjonal produksjon og ved import av matvarer frå andre land.

Gjennom politikken for matvareberedskap ønskjer ein å avdekkje risiko og gjere matforsyninga mindre sårbar, og å setje i verk tiltak for å gjere ho meir robust dersom det er nødvendig. Landbruksdepartementet samarbeider nært med Nærings- og handelsdepartementet på dette feltet. Matvareberedskapspolitikken tek utgangspunkt i den løpande innanlandske matproduksjonen, og vesentlege produksjonsendringar vil endre føresetnadene for matvareberedskapen. Det er samtidig avgjerande med gode handelsrelasjonar for å redusere forstyrringar og gjere den innanlandske matforsyninga mindre sårbar, jf. omtale under kap. 1143.

Med dei gjeldande planføresetnadene for samfunnstryggleik og beredskap, finn ein det ikkje nødvendig å oppretthalde dagens beredskapslager av råvarer, som korn og mjøl.

Regjeringa vil i sin politikk leggje føresetnadene til grunn for å utvikle vidare eit jordbruk som produserer eit auka mangfald av mat gjennom eit fokus på nyskaping og verdiskaping. Ein matmarknad med mangfald, nyskaping og variasjon i utbodet av produkt er særs viktig for å møte etterspørselen frå stadig meir kvalitetsbevisste og marknadssegmenterte forbrukarar. I arbeidet med dette må politikken på området leggje til rette for auka nyskaping, mangfald, verdiskaping og marknadsorientering i både primærproduksjonen og næringsmiddelindustrien. Dette arbeidet skal føre til auka verdiskaping i heile næringa, samstundes som det skal påverke moglegheita for å hente ein aukande del innkomme til næringa frå marknaden. Det første leddet i dette arbeidet er å differensiere næringssatsinga i forhold til produksjon av tradisjonelle standardprodukt og produksjon av meir spesialiserte og foredla produkt. For meir spesialiserte produkt må kvalitetselement som påverkar forbrukarane si oppleving av maten blir prioritert. Det kan vere forhold som direkte gjer seg gjeldande gjennom opplevinga av maten som til dømes, smak, lukt og konsistens, men der forhold knytt til høve kring produksjon som til dømes etisk dyrehald, økologiske driftsformer, og produkta sine historiske og kulturelle opphav også er viktige kvalitetsdimensjonar.

I arbeidet med nyskaping, mangfald og verdiskaping på matmarknaden er Verdiskapingsprogrammet for matproduksjon sentralt. Programmet har som hovudmål å auke mangfaldet av spesialiserte produkt av høg kvalitet i tråd med marknaden sine krav, samstundes som det skal auke det økonomiske potensialet i næringa ved ei satsing på produkt for sal til betalingsvillige segment i marknaden. Som ledd i styrkinga kring formålet med Verdiskapingsprogrammet er Eksportprogrammet overført frå Konkurransestrategiar for norsk matog til Verdiskapingsprogrammet. Det vil auke moglegheitene for eksport av norske spesialiserte matprodukt til marknader i utlandet, samstundes som det gir ein betre koordinering av arbeidet i SND og Noregs Eksportråd. Verdiskapingsprogrammet legg òg til rette for auka kompetanse blant entreprenørar på matvaremarknaden gjennom etableringa av kompetansenettverk. Det er gitt ei nærare omtale av Verdiskapingsprogrammet for matproduksjon i St.prp. nr. 65 (2001-2002).

For å fremme utviklinga av mangfaldet på matmarknaden gjennom lokale produksjonar vil det vere viktig med ein politikk som tek særskilt vare på dei lokale tilhøva. Mange spesialiserte matprodukt har sine kvalitative føresetnader i historiske og kulturelle tilhøve. For at desse ikkje skal bli øydelagde må verkemidla tilpassast lokalt tilhøve og i tillegg byggje på anna næringsutvikling knytt til landbruksnæringa, til dømes bygdeturisme. Dei lokale tilhøva for produksjon av spesielle kvalitetsprodukt er òg det viktigaste grunnlaget for den nyetablerte offentlege merkeordninga som gir vern til produkt som har eit spesielt geografisk opphav, tradisjon eller særpreg, jf. Ot.prp. nr. 85 (2000-2001), Om lov om endringer i lov 17. juni 1932 nr. 6 om kvalitetskontroll med landbruksvarer m.v. og omtale i kat. 15.10.

Ei utvikling av mangfaldet på matmarknaden vil krevje eit større fokus på nyskaping, mangfald og verdiskaping knytt til produktutvikling, marknadsutvikling og organisasjonsutvikling. Forhold kring nyskaping, mangfald og verdiskaping på matvaresektoren er nærare omtalt i kat. 15.20. Også satsinga på å utvikle økologisk jordbruk vil vere med på å auke mangfaldet i matvaremarknaden. Sjå nærare omtale under omtalen av miljø og omtalen i kap. 1150.

Modernisering

Regjeringa legg vekt på å vurdere den samla effekten av alle verkemidla som påverkar mat- og landbrukssektoren: importvernet, dei økonomiske verkemidla over jordbruksavtalen, administrative og juridiske verkemiddel og skatte- og avgiftstiltak. Samtidig må det gjerast kontinuerlege politiske vurderingar om bruken av verkemiddel i forhold til målkonfliktar.

Verkemidla skal utformast med sikte på auka forbrukarretting og auka konkurranse i verdikjeda og det er ei hovudutfordring å utforme dei økonomiske verkemidla slik at ein kan nå samfunnsmåla mest mogleg effektivt.

Det er gjennomført ein teknisk omgruppering og tydeleggjering av verkemidla over kap. 1150 i forhold til måla for politikken.

  • Utrekninga av tilskottet til innmarksbeite er forenkla

  • Utrekninga av tilskotta til organisert beitebruk er forenkla

  • Katastrofefondet er omgjort til "Skadefondet for landbruksproduksjon"

  • Tiltaksfondet for småfe og fjørfe er avvikla

  • Det er gjort justeringar i satsane for AK-tilskottet slik at det kan etablerast eit særskilt kulturlandskapstilskott som betaling for produksjon av kollektive gode på kr 200,- pr. dekar til alt jordbruksareal som har rett til tilskott

  • Forvaltninga av distrikts- og kvalitetstilskott til frukt, bær og veksthusgrønsakar samt distriktstilskott til poteter i Nord-Noreg er samordna med forvaltninga av produksjonstilskott og avløysartilskott frå søknadsomgangen 20.01.2003. Mellombels ordning med frakttilskott til konservesblomkål er avvikla.

  • Forvaltninga av tilskott til økologisk produksjon er samordna med forvaltninga av produksjonstilskott og avløysartilskott frå søknadsomgangen 20.08.2002.

Departementet fastsette den 22.03.2002 ny forskrift om produksjonstilskott i jordbruket, som blei fastsett 01.07.2002. Den nye forskrifta er et resultat av ein revisjon og samordning av tolv forskrifter om produksjonstilskott.

I prinsippet inneber den nye forskrifta at alle typar føretak som driv landbruksproduksjon kan bli gitt tilskott. For å forhindre at danning av selskap skjer for å utnytte den økonomiske strukturprofilen i tilskottssystemet, er det likevel innført visse avgrensingar. Forvaltninga må vurdere konkret om det føreligg uformelle driftsfellesskap mellom fleire føretak som får innverknad på tilskottsutrekninga.

Statens landbruksforvaltning er Landbruksdepartementets viktigaste reiskap for å sette landbrukspolitikken ut i livet. Statens landbruksforvaltning har utarbeidd ein IKT-strategi for verksemda for perioden 2002-2004. På bakgrunn av dette er det i Jordbruksavtalen for 2002-2003 sett av 20 mill. kr til ein slik satsing på IKT i SLF, jf. omtale under kap. 1143.

Som eit ledd i moderniseringa av offentleg sektor har SND på oppdrag frå Landbruksdepartementet starta eit arbeid med ein handlingsplan som skal identifisere flaskehalsar som hindrar oppstart og drift av mindre næringsmiddelverksemder. Handlingsplanen skal òg medverke til å utvikle samarbeidskonstellasjonar mellom offentlege instansar og mindre næringsmiddelverksemder for å leggje til rette for at ny verksemder på matområdet blir etablert. Arbeidet blir gjort innanfor Verdiskapingsprogrammet for matproduksjon, og vil vere klart til jordbruksoppgjeret i 2003.

Skogbruk

Mål

Måla i skogpolitikken er at:

  • verdiskapinga frå skogbaserte næringar skal aukast og

  • skogsektoren skal medverke til å løyse viktige miljøoppgåver.

Ei aktiv og langsiktig ressursforvaltning er nødvendig for å nå desse måla. Det er ein føresetnad at dei som eig eller har råderett over skogressursane er medvitne om dette og om forvaltaransvaret dei har.

Status

Utnytting av skogressursane har hatt mykje å seie for inntekt og sysselsetting i distrikta. Skogsektoren er ei av dei viktigaste eksportnæringane i Noreg .

Skogsektoren arbeider i ein internasjonal marknad med raske endringar. Utviklinga i marknaden, både internasjonalt og nasjonalt, har dei siste åra endra rammevilkåra for den skogbaserte næringsverksemda, og lønnsemda har vore fallande. Det er lite som tyder på at forholda skal betre seg dei næraste åra. Industrien har gått gjennom ei omfattande strukturrasjonalisering, noe som har ført med seg færre bedrifter og nedgang i den samla sysselsettinga.

For å medverke til å motvirke den negative utviklinga innan skogsektoren blei Verdiskapingsprogrammet for bruk og foredling av trevirke starta opp i 2000. Gjennom ei satsing på nyskaping og marknadstilpassing i heile verdikjeda marknad-skog ønskjer regjeringa å medverke til å betre lønnsemda innan sektoren, og såleis sikre verdifulle arbeidsplassar i distrikta.

Aktiviteten i skogbruket

Nedgangen i aktiviteten i skogbruket held fram. Avverkinga til sal og industriell produksjon har dei siste åra vore mindre enn 8 mill. m3 pr. år, og dei årlege investeringane meir enn halvert sidan slutten på 1980-talet. Redusert lønnsemd har medverka til at om lag 25 pst. av det produktive skogarealet ikkje lenger er økonomisk drivverdig. Det er samstundes ei aukande interesse for annan næringsaktivitet i utmarka, særleg knytt til jakt, fiske og utmarksturisme.

Skal skogen i framtida vere ei viktig kjelde til inntekt og sysselsetjing, krev det eit relativt høgt nivå på dei langsiktige investeringane samtidig som det blir sett inn tiltak i dei ulike ledda i heile verdikjeda. Det er eit potensial for utvikling av konkurranseevna i skogindustrien og betring av produktiviteten i alle ledd samtidig som produktutvikling og betre marknadstilpassing kan gi grunnlag for auka og betra utnytting av ressursane. Auka verdiskaping er òg avhengig av at avverkinga blir auka. Ei lønnsam utnytting av den hogstmogne skogen krev betre vegdekning. Samtidig kan vegbygging gi negative miljøeffektar. Derfor har Landbruksdepartementet i samarbeid med Miljøverndepartementet utarbeidd retningslinjer for korleis slike saker skal behandlast. Ytterlegare restriksjonar vil innebere at hogstkvantumet dei næraste tiåra må reduserast.

Bioenergi

Landbruket kan som produsent, brukar og leverandør av bioenergi, bidra til å auke bruk av ny fornybar energi. Innan rammene for langsiktig berekraftig forvaltning er det potensial for å auke utnyttinga av biomasseressursane frå landbruket til energiformål. Auka bruk av bioenergi vil bidra til å styrke og oppretthalde verdiskapinga i landbruket. I jordbruksforhandlingane i 2002 blei det sett av 15 mill. kr til bioenergi innanfor ramma på 158 mill. kr til skog og bioenergi. Satsinga har som mål å auke tilbodet og bruken av bioenergi frå jord- og skogbruket. Samtidig blir det forutsett at satsinga legg grunnlaget for utvikling av landbruket som ein totalleverandør av bioenergiløysingar. Arbeidet i Landbruksdepartementet må sjåast i samanheng med Olje- og energidepartementet si satsing på omlegging av energibruk og -produksjon.

Utmark

Landbruket forvaltar største delen av skogen og utmarka i Noreg. I tillegg til tradisjonell skogsdrift gir desse areala òg andre kommersielle moglegheiter t.d. i form av sal av jakt og fiske, hausting/oppdrett og vidareforedling av ferskvassfisk, hytteutbygging, grus/mineralar og hausting av urter og bær for sal. Det ligg òg moglegheiter i å kombinere slike bruksformer med ulike former for turisme. Forvaltninga av desse ressursane er til no ikkje optimalisert i forhold til å hente størst mogleg avkasting av ressursen. I 2002 blei det utarbeidd ein strategisk plan for næringsutvikling i utmark. Planen var initiert av jordbruksavtalepartane og utarbeidd av ei arbeidsgruppe sett ned av SND. Landbruksdepartementet tek sikte på å byggje vidare på dette grunnlaget og utforme ein handlingsplan for utnytting av utmarkressursane.

Skog og skogareal kan gi grunnlag for ulik distriktsbasert næringsverksemd. Å leggje til rette for slik næringsutvikling er ei viktig oppgåve for Landbruksdepartementet i samarbeid med andre departement og med sentrale institusjonar som Statens nærings- og distriktsutviklingsfond og Norges Forskingsråd. Fylkesmannen er òg med i dette arbeidet gjennom m.a. regionale næringsutviklingsprosjekt.

Miljøprofilen i skogpolitikken

Miljøarbeidet i skogpolitikken er bygd opp kring to hovudtema:

  • Skogsektoren skal medverke til å løyse viktige miljøoppgåver og

  • Skogsektoren har viktige miljøutfordringar knytt til eigen næringsverksemd

Miljøarbeidet og den næringsretta verksemda er sterkt integrert med kvarandre og knytt direkte til einskilde skogbrukstiltak. Miljøtiltaka er begrunna i begge punkta ovanfor, men i mange høve er også miljøtiltaka i seg sjølv eit viktig grunnlag for å få til gode næringsmessige løysingar. Næringsverksemda i skogbruket er for tida nede i ein bølgjedal med redusert aktivitet og svekt lønnsemd. Desse tilhøva gjer det ekstra utfordrande å finne gode og balanserte løysingar som både sikrar ein god miljøprofil og legg eit godt fundament for næringsverksemda.

Miljøarbeidet i skogpolitikken er nærare omtalt under kap. 1142.

Internasjonale oppgåver

Skogpolitikken er nært knytt til ei rekkje internasjonale prosessar. Det internasjonale skogpolitiske arbeidet har direkte verknad for skogbruket og skogindustrien i Noreg og for utforminga av den nasjonale skogpolitikken. Departementet legg derfor opp til at Noreg skal delta aktivt i internasjonal skogpolitikk. Noreg skal bidra konstruktivt til utvikling av berekraftig skogbruk globalt. Det er vidare viktig å sikre at internasjonale avtalar ivaretek norske interesser.

Dei viktigaste prosessane for Noreg er Skogforumet i FN, dei pan-europeiske ministerkonferansane for trygging av Europas skogar, FN-konvensjonen om biologisk mangfald, FN-konvensjonen om klimaendringar og Kyotoprotokollen og det nordiske samarbeidet.

Verkemiddel

Skogbrukslova med tilhøyrande føresegner gir den juridiske ramma for skogbruket og er det grunnleggjande verkemidlet for å sikre berekraftig bruk av skogen. Lova legg til rette for å sikre produksjonsgrunnlaget og set krav om at det skal takast miljøomsyn. Departementet arbeider no med ei revisjon av lova, og ein tek sikte på at ei ny lov skal tre i kraft i 2004.

Ei hovudutfordring i skogbruket framover er å auke lønnsemda i næringa m.a. gjennom auka foredling og ein meir differensiert utnytting av trevirket. Ramma til Verdiskapingsprogrammet for bruk og foredling av trevirke blir derfor auka med 19 mill. kr til 39 mill. kr for 2003.

Regjeringa legg opp til ein omlegging av skogpolitikken med sikte på at dei økonomiske rammevilkåra for skogsektoren blir meir robuste. Ordninga med skogavgift står sentralt i arbeidet for å sikre nødvendige investeringar. Ordninga sikrar det finansielle grunnlaget for investeringane samtidig som ho aukar investeringsvilja hos skogeigarane ved at det er knytt skattefordel til bruken av skogavgifta til langsiktige investeringar i skogkultur og skogsvegar. Regjeringa legg opp til at skogavgiftsordninga skal betrast ved at skattefordelssatsen ved investeringar med skogavgift blir auka frå 35 pst med avtrapping i dag og til 60 pst. utan avtrapping. Samtidig blir det ikkje lenger mogleg å investere i nye skogsveger med skattefordel. Med investeringar i skogkultur på dagens nivå vil dette gi skogeigarane ein skattereduksjon på om lag 9 mill. kr.

Regjeringa foreslår vidare å avvikle ordningane med tilskott til skogkultur og transport over kap. 1142.

Budsjettframlegget for 2003 inneber ei løyving til miljø- og næringstiltak i skogbruket på om lag 74 mill. kr. I tillegg er det sett av 143 mill. kr til ordinære skogbrukstiltak og 15 mill. kr til auka satsing på bioenergi over LUF.

I miljøarbeidet byggjer departementet på alle dei verkemidla som er til rådvelde for gjennomføring av skogpolitikken. Departementet går inn for at auka vern av skog blir eit viktig element i skogpolitikken.

Resultatoppnåinga framover set høge krav til økologisk kunnskap og krev brei informasjonsinnsats og sterk vekt på kompetansebyggjande tiltak.

Skogforskinga nasjonalt og deltaking i internasjonal skogforsking står sentralt i den samla verkemiddelbruken i skogpolitikken. Forskingsinnsats er avgjerande for å sikre vidare utvikling av kunnskapsgrunnlaget for skogbruket.

I St.meld. nr. 19 (2001-2002) Nye oppgaver for lokaldemokratiet - regionalt og lokalt nivå, er det lagt til grunn at kommunane i framtida skal ta avgjerd i saker som gjeld tilskott til skogbrukstiltak og i saker etter skoglova. Det er lagt til grunn at denne endringa skal gjennomførast frå 01.01.2004. Samtidig som vedtak i enkeltsaker førast over til kommunane har fylkesmannen ei viktig rolle når det gjeld formidling av skogpolitikken, som regional kompetanse- og pådrivarmiljø og når det gjeld kontroll og kvalitetssikring av aktiviteten.

Reindrift

Mål

Mål og retningsliner for reindriftspolitikken er trekt opp i St.meld. nr. 28 (1991-92) og Stortinget si behandling av denne, jf. Innst. S. nr. 167 (1991-92). I innstillinga er En bærekraftig reindrift konkretisert nærare til å vere økologisk, økonomisk og kulturell berekraft. For nærmare omtale av måla i reindriftspolitikken syner ein til kap. 1147 og 1151, samt St.prp. nr. 58 (2001-2002).

Status og verkemiddel

Stabile vilkår for reindriftsnæringa er ein nødvendig føresetnad for å kunne skape tryggleik i næringa. Reindriftsutøvarar som utøvar si reindrift i områder der vilkåra er fastsett har ei betre lønsemd enn utøvarar der slike fundamentale spørsmål ikkje er avklart. I dag er situasjonen for store deler av reindrifta i Finnmark bekymringsfull med lav produksjon, nedslitne lavbeite, store rovdyrtap og stadige inngrep som medfører auka fragmentering av reindrifta sine areal. For å styrke berekrafta i reindrifta i Finnmark må ein få på plass sentrale vilkår for reinbeiteområda og sikre at disse blir etterlevd. Dette gjeld distrikts- og siidainndeling, fastsetting av beitetider og fastsetting av høgste talet på rein for reinbeitedistrikta. Den største utfordringa er å knytte tilpassinga av beitebelastninga til ressurstilgangen for å betre vilkåra i næringa. 30.01.2002 fastsette Reindriftstyret eit øvre tal på rein for sommardistrikta i Vest-Finnmark reinbeiteområde. Vedtaket inneber at det må leggjast til rette for at fleire reindriftsutøvarar må ut av næringa. I samband med dette ble det hausten 2002 etablert eit prosjektkontor ved Reindriftsforvaltninga i Vest-Finnmark. Prosjektkontoret har ansvaret for å kjøre ein prosess mot kvart enkelt reinbeitedistrikt kor ein på bakgrunn av drøftingar vil utarbeide tiltak som tilfredstillar dei ulike distrikta sine behov. For Aust-Finnmark reinbeiteområde er arbeidet med nye distriktsinndelingar på vår/haust/vinterbeita i gang. Det er vidare sett i verk eit utgreiingsarbeid med sikte på å få fastsett høgste talet på rein pr distrikt og nye beitetider som etter planen skal samordnast med distriktsinndelingsarbeidet.

Det er òg viktig å få til auka verdiskaping for reindriftsutøvarane blant anna gjennom kartlegging av suksessfaktorar for produktutvikling og produksjon av tradisjonelle matrettar, duoddji og turisme basert på rein. I den samanheng er det viktig at verkemidla frå høvesvis Reindrifta sitt utviklingsfond og Verdiskapingsprogrammet for reindrift blir sett i ein samanheng slik at effekten av dei to ordningane blir størst mogleg. Det er sentralt at tilhøva blir lagt slik til rette at næringa kan nytte sin tradisjonelle kunnskap og auke mangfaldet av produkt på ein måte som sikrar ei positiv utvikling. Dette er særleg viktig for kvinnene og for å ta vare på heilskapen i reindriftskulturen.

For at reindrifta skal ha ei framtid som næring er det viktig at ein får etablert tilskottsordningar som motiverer til auka produksjon og auka verdiskaping. I den samanheng visar ein til omtalen under kap. 1147 og kap. 1151 når det gjeld NILF sitt oppdrag med å foreslå endringar av dagens tilskottsordning til driftseiningar og tamreinlag.

For nærare omtale av status og verkemidlar i reindriftspolitikken visar ein til omtalen under kap. 1147 og kap. 1151, samt St.prp. nr. 58 (2001-2002).

Kap. 1140 Miljø- og næringstiltak i jordbruket

 

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2001

Saldert budsjett 2002

Forslag 2003

50

Næringsøkonomisk dokumentasjon og analyse

18 150

18 633

18 967

77

Miljøretta prosjektarbeid m.m. , kan overførast

35 555

35 281

35 881

Sum kap 1140

53 705

53 914

54 848

Post 50 Næringsøkonomisk dokumentasjon og analyse

Ein stor del av verksemda til Norsk institutt for landbruksøkonomisk forsking (NILF) er oppgåver til støtte for forvaltninga på oppdrag frå Landbruksdepartementet. Ein kan dele den forvaltningsretta verksemda til NILF inn i verksemdområda sekretariat for Budsjettnemnda for jordbruket, annan dokumentasjon av næringsøkonomi og matmarknad, føretaksøkonomisk rettleiing og styring og driftsøkonomiske data og analysar. NILF har òg andre særskilde utgreiingsprosjekt der Landbruksdepartementet er direkte brukar.

Gjennom arbeidet med driftsgranskingane, analysebruk og økonomiforsøk blir det utarbeidd føretaksøkonomisk statistikk og analysar som grunnlag for forvaltning, forsking, undervisning, rådgiving og næringsverksemd, jf. kap. 1137. Materialet blir m.a. brukt som grunnlag for jordbruksforhandlingane og som grunnlag for utforming av ulike verkemiddel i landbrukspolitikken. Vidare medverker NILF til å dokumentere sentrale utviklingstrekk i landbruk, matvareindustri og matvaremarknader og til å overvake internasjonale handelsavtalar og internasjonale marknader. NILF skal òg medverke til betre organisering og leiing av landbruksføretak.

Resultatrapport 2001

Driftsgranskingane for 2000 omfatta 957 rekneskap frå yrkesmessig drevne bruk. Hausten 2001 blei det vedteke å samordne analysebruka og økonomiforsøka til eitt arbeidsområde som blir koordinert av distriktskontoret i Bergen.

Som sekretariat for Budsjettnemnda for jordbruket har NILF revidert referansebruksberekningane slik at dei er meir direkte basert på driftsgranskingane.

I 2001 har NILF òg arbeidd med forenkling og målretting av landbrukspolitikken, pris- og marginanalysar for matvarer og prisutjamningsordninga for mjølk.

Mål og resultatkrav i 2003

NILF skal i 2003 føre vidare dei faste oppgåvene som dei har for forvaltninga.

Generelt legg departementet til grunn ei vidare utvikling av datamateriale som kan nyttast i samband med utforminga av landbrukspolitikken. Departementet legg vekt på at NILF har god kompetanse i spørsmål om internasjonale marknader og internasjonal handelspolitikk. Ei anna sentral oppgåve for NILF, i samarbeid med andre relevante kompetansemiljø, er å gjennomføre analysar og utvikle dokumentasjonsverktøy knytt til tilhøva i matvaremarknaden.

God økonomistyring i føretak innanfor landbruket er vesentleg for inntektene. NILF har ei sentral oppgåve i å utvikle kompetanse og hjelpemiddel for driftsøkonomisk rettleiing og styring. Departementet legg til grunn at meir av dette arbeidet blir finansiert gjennom brukarane si betaling for produkta.

Post 77 Miljøretta prosjektarbeid m.m.

Mål

Måla for det miljøretta prosjektarbeidet er:

  • registrere og dokumentere miljøtilstand og miljøtilpassingar med omsyn til erosjon, tap av næringssalt, miljøgifter og spreiing av plantevernmidlar

  • implementere miljøomsyn i næringa i tråd med prinsippa om berekraftig utvikling og langsiktig ressursforvaltning

  • følgje opp nasjonale og internasjonale miljøforpliktingar slik som føresett i Stortingsmeldingar og internasjonale avtaler

  • medverke i den internasjonale utviklinga av miljøarbeidet

  • auke kunnskapen om miljø i forvaltninga og næringa for å fremme ei sikker og rask omstilling til meir miljøforsvarleg drift

  • utvikle tiltak som gjer kommunane og dei regionale styresmaktene betre i stand til å sikre arealressursane og dokumentere landbruket sine interesser i arealplanprosessane og i arbeidet med verneplanar

  • gi støtte til Nordisk genbank for husdyr, som skal være eit nordisk senter for dokumentasjon og bevaring av variasjonen i det dyregenetiske materialet i dei nordiske land.

I tillegg blir det over posten løyvd midlar til ideelle organisasjonar som driv arbeid innan landbruk, mat og nye og tradisjonelle næringar, jf. omtale under "Budsjettframlegg 2003".

Resultatrapport 2001

Resultatkontrollen viser at miljøtiltaka i hovudsak går som planlagt. Miljøarbeidet må likevel halde fram og styrkjast for å nå måla.

Arbeidet med resultatkontroll, overvaking, herunder Jordsmonnovervakingsprogrammet, vart vidareført i 2001. I 2001 blei det og gjennomført ei tiltaksanalyse for forureining. Resultata har i 2001 mellom anna blitt nytta i rapporteringa til den 5. Nordsjøkonferansen i Bergen.

Medverking i den internasjonale utviklinga av miljøarbeidet er mellom anna gjort gjennom arbeid innanfor OECD og WTO. I samband med WTO-forhandlingane er det sett fokus på miljøspørsmål og det er gjennomført utgreiingar, bilaterale møter og konferansar knytt til dette.

Det er lagt vekt på å følgje opp internasjonale forpliktingar mellom anna frå Nordsjøplanen og Konvensjonen om langtransportert grensekryssande luftforureining. Vidare er det gjennomført tiltak for å lette innarbeidinga av EU sine forordningar for økologisk plante og husdyrproduksjon. Ein har også støtta gjennomføringa av tiltak innanfor Handlingsplanen for plantegenetiske ressursar.

Det er gjennomført fleire prosjekt og tiltak når det gjeld overgang til meir miljøvennlege driftsmåtar, t.d. finansiering av nokre tiltak i Handlingsplan for redusert bruk av plantevernmiddel og planleggingssystem for næringsbalanseberekningar.

Det er gitt støtte til prosjekt som bidreg til å auke kunnskapen om landbruket og synleggjere landbruket sine interesser og verdiar i arealplanprosessar. Det har i 2001 vore fokus på prosjekt i tilknyting til tettstader og pressområde, samt prosjekt med auka planlegging og samhandling som mål, både på regionalt og lokalt nivå.

I tråd med måla for posten blei Nordisk genbank for husdyr (NGH) støtta med 1,0 mill. kr.

I regi av Fylkesmannsembeta er det gjennomført prosjekt regionalt og lokalt mellom anna knytt til satsing på Geovekst og GIS-kompetaseutvikling, ulike faglege prosjekt og oppfølging av kommunane.

Det blei i 2001 gitt støtte til enkelte organisasjonar for å halde oppe nærings- og miljøarbeidet i desse organisasjonane.

Budsjettforslag 2003

For 2003 gjer ein framlegg om ei samla løyving under post 77 på 35,88 mill. kr.

Midlane vil bli nytta til gjennomføring av prosjekt og tiltak i tråd med måla for posten, sjå målsetjingar innleiingsvis. I tillegg er det sett av midlar til å støtte ideelle organisasjonar som driv arbeid retta mot landbruk, mat og nye og tradisjonelle næringar, jf. omtale nedanfor.

Miljøretta prosjektarbeid

Departementet vil òg i 2003 legge vekt på å få til ei effektiv samordning av miljøarbeidet sentralt, regionalt og lokalt. Dette vil vere spesielt viktig framover, m.a. sett i forhold til oppfølginga av St.meld. nr. 19 (2001-2002) som legg opp til auka regionalisering og kommunalisering av miljøarbeidet.

Miljøvernforvaltninga har trekt seg frå deltaking og delfinansiering av Jordsmonnsovervakingsprogrammet. Samtidig er krava til overvaking og rapportering aukande. Departementet vektlegg derfor satsinga på Jordsmonnsovervaking og rapportering over posten. Det kan òg vere aktuelt for departementet å løyve midlar til eit nasjonalt program for overvaking av biologisk mangfald.

Dei internasjonale forpliktingane, mellom anna knytt til Konvensjonen om langtransporterte luftforureiningar, Kyoto-protokollen m.fl, krev auka innsats frå landbruket. Departementet tek derfor sikte på å følgje opp MILDRI-programmet. MILDRI-programmet såg på miljøeffektane og dei bedriftsøkonomiske effektane av ulike miljøverkemiddel i landbruket. Det nye programmet skal vidareutvikle MILDRI-modellen slik at den kan fungere som eit overvakings- og rapporteringsverktøy for luftforureining (ammoniakk), klimautslepp frå landbruket og avrenning av næringssaltar, og vere eit hjelpemiddel i samband med internasjonale forpliktingar. Det er òg lagt opp til å vidareutvikle modellen til eit planleggingsverktøy for redusert erosjon og bruk av plantevernmiddel. Planleggingsverktøyet er tenkt retta mot forvaltninga og rettleiingstenesta i jordbruket.

Departementet gjer framlegg om å halde oppe Noreg sitt bidrag til Nordisk Genbank for Husdyr på same nivå som i 2002.

Tilskott til organisasjonar

Innanfor løyvinga vil departementet tildele i alt 13,6 mill. kr i støtte til ideelle organisasjonar som driv arbeid retta mot landbruk, mat og nye og tradisjonelle næringar.

Det er sett av 1,4 mill. kr i støtte til organisasjonar over kap. 1142 post 76 slik at det samla er sett av 15 mill. kr til føremålet.

Nytt av året er at midlane vil bli fordelte etter ein open prosess basert på offentleg kunngjering. Før har det av proposisjonen framgått kva for organisasjonar som blir tildelt tilskott og kva for beløp dei får. Landbruksdepartementet vil arbeide med å fastsette kriterium for fordeling og oppfølging av tilskott ut frå føremålet det er gjort greie for ovanfor. Departementet legg opp til at tildeling av midlar skal skje tidleg i 2003.

Kap. 1142 Miljø- og næringstiltak i skogbruket

 

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2001

Saldert budsjett 2002

Forslag 2003

50

Forvaltningsstøtte, utvikling og kunnskapsformidling i skogbruket, Skogforsk

12 057

12 740

12 968

51

Tilskott til Utviklingsfondet for skogbruket

3 319

3 381

3 442

52

Omstillingstiltak NISK

2 000

71

Tilskott til verdiskapingstiltak i skogbruket , kan overførast

110 781

87 939

39 000

76

Ressurs- og miljøtiltak i skogbruket , kan overførast

21 198

18 415

18 728

Sum kap 1142

149 355

122 475

74 138

Det er knytt store verdiar til skogen. Gjennom det siste hundreåret er det bygd opp store tømmerressursar som kan nyttast meir aktivt enn i dag, og skogen har òg stor verdi i høve til viktige miljøspørsmål.

Gjennom behandlinga av St.meld. nr. 17 (1998-99) - Skogmeldinga - vedtok Stortinget at hovudmåla i skogpolitikken framover er at:

  • verdiskapinga frå skogbaserte næringar skal aukast

  • skogsektoren skal medverke til å løyse viktige miljøoppgåver

Aktiv og langsiktig ressursforvaltning er nødvendig for å nå desse måla. Det er ein føresetnad at dei som eig eller har råderett over skogressursane er medvitne om dette og om forvaltaransvaret dei har.

Utviklinga dei seinare åra gjer at det kan bli vanskeleg å nå desse måla:

  • Marknadstilhøva for skognæringa har ført til fallande lønnsemd og mindre hogst.

  • Det har vore ei markert nedgang i investeringane i dei langsiktige tiltaka som skogkultur og skogsvegar

  • Stadig færre menneske har tilknyting til skognæringa. Dette inneber mindre engasjement omkring næringa si verdi og vidare utvikling.

Desse forholda, saman med utviklinga innan skogsektoren med ein stadig sterkare internasjonal konkurranse og aukande vekt på miljøomsyn, gjer at rammevilkåra for skogpolitikken er i endring.

Regjeringa legg opp til ein omlegging i skogpolitikken med sikte på at dei økonomiske rammevilkåra for skogsektoren blir meir robuste. Den største utfordringa i skogbruket framover er å betre lønnsemda og auke verdiskapinga i sektoren. Regjeringa vil derfor prioritere verdiskapingstiltak innanfor skogsektoren og gjer framlegg om at løyvinga til Verdiskapingsprogrammet for bruk og foredling av trevirke blir auka med 19 mill. kr til 39 mill. kr. Hovudmålet med programmet er høgare foredling og auka marknadsorientering i heile verdikjeda for med det å auke lønnsemda i skogsektoren. Regjeringa går vidare inn for å avvikle ordningane med tilskott til skogkultur og transport over kap. 1142. Samtidig legg regjeringa opp til at skogavgiftsordninga skal betrast ved at skattefordelssatsen ved investeringar med skogavgift blir auka frå 35 pst. med avtrapping i dag til 60 pst utan avtrapping. Samtidig blir det ikkje lenger mogleg å oppnå skattefordel ved investering i nye skogsvegar. Med investeringar i skogkultur på dagens nivå vil dette gi skogeigarane ein skattereduksjon på om lag 9 mill. kr.

Ein god miljøprofil i skogbruket er nødvendig både av omsyn til skogmiljøet og for at næringa skal ha aksept i samfunnet og marknaden. Miljøprofilen i skogpolitikken er basert på samhandling mellom einskilde skogeigarar, næringa og styresmaktene. Skogpolitikken legg stor vekt på at næringa skal drivast i tråd med prinsippet om fridom under ansvar, og dette prinsippet ligg òg til grunn på miljøområdet. Miljøarbeidet er derfor ei viktig utfordring for næringa sjølve. Landbruksdepartementet legg vekt på innarbeiding av miljøomsyn i regelverket, satsing på kompetanse, informasjon og resultatkontroll som dei mest sentrale tiltaka. Landbruksdepartementet legg vidare stor vekt på at auka vern av skog blir eit viktig element i den samla forvaltninga av skogressursane og at eit auka skogvern skal baserast på erstatning til skogeigarane i samsvar med gjeldande lovverk.

Skognæringa legg stor vekt på konkrete miljøomsyn og kvalitetssikring av miljøarbeidet gjennom sertifiseringsordningar. Så godt som alt tømmer som blir omsett i Noreg er no sertifisert. Sertifiseringa bygger i all hovudsak på dei standardane som prosjektet Levande Skog arbeidde fram i 1998. Den gjennomførde sertifiseringa av norsk skogbruk har stilt store krav til dei som forhandla fram standardane, men har òg stilt den einskilde skogeigar overfor mange store utfordringar. Partane som deltok i prosjektet står no overfor eit viktig arbeid i samband med at standardane snart skal reviderast. Det er viktig at partane no finn fram til gode felles løysingar som kan sikre ei fortsett berekraftig utnytting av dei fornybare skogressursane. Landbruksdepartementet tek sikte på å delta i dette revisjonsarbeidet.

Skogressursane og skogbruket er òg eit viktig element i klimapolitikken, jf. St.meld. nr. 54 (2000-2001) Norsk klimapolitikk og St.meld. nr. 15 (2001-2002) Tilleggsmelding til St.meld. nr. 54 (2000-2001). Skog og treprodukt bind store mengder karbon. I tillegg kan auka bruk av varige treprodukt gi forlenga karbonbinding, samtidig som treprodukt kan erstatte andre produkt med større klimagassutslepp i produksjon eller bruk. Med framleis aktiv forvaltning av dei fornybare skogressursane kan ein nå målet om meir berekraftig produksjons- og forbruksmønster i Noreg.

Resultatrapport 2001

Langsiktige investeringar

Aktiviteten i skogbruket har vist negativ utvikling sidan tidleg på 1990-talet med redusert avverking og lågare innsats på dei langsiktige investeringane. Mindre hogst og reduksjonar i tilskottsrammene dei siste åra har ført til nedgang i investeringane i skogkultur. Det blei til saman investert 238 mill. kr i skogkultur i 2001, noko som er ein reduksjon på 7 pst. frå året før, og nærare 20 pst. lågare enn i 1998. Totalt blei det planta til eit areal på 186 000 dekar og utført ungskogpleie på 324 000 dekar. Det blei gjennomført stammekvisting på 8 032 dekar. Markbereiing har dei siste åra ligge på eit rimeleg høgt nivå, men fekk ein markant nedgang med 12 pst. til 66 843 daa i 2001.

Aktiviteten knytt til vegbygging i skogbruket held seg i 2001 på same nivå som den har vore dei siste åra. Det blei bygd 176 km med nye skogsbilvegar og 471 km nye traktorvegar. Nybygginga er redusert til 1/4 samanlikna med det nivået ein hadde for 10 år sidan. Det er gjennomført analysar som syner at hovuddelen av den hogstmodne skogen framover står i område med lågare vegdekning. I 2001 blei det rusta opp 434 km gamle vegar til moderne skogsbilvegar. Med det har ombygginga halde seg om lag på same nivå dei siste 5 åra. Ombygging utgjer nå hovudaktiviteten på skogsvegsida. Dei totale investeringane i skogsvegar i 2001 blei på 148 mill. kr. Resultatkontrollen som er gjennomført i fylka i høve til vegar som var ferdige i 2000, syner at miljøomsyn blir godt innarbeidd i tiltaka.

Verdiskapingsprogrammet

I samband med Verdiskapingsprogrammet for bruk og foredling av trevirke - Treprogrammet -er det starta opp ei rekke aktivitetar og tiltak under leiing av Statens nærings- og distriktsutviklingsfond (SND), og ei styringsgruppe samansett av representantar frå verdikjeda marknad - skog.

Programmet er retta inn mot verksemder og andre aktørar i verdikjeda. Målet er at prosjekt og tiltak innanfor verkeområdet til programmet vil resultere i auka verdiskaping.

Totalt har det i programmet for 2001 blitt sett i gang om lag 50 prosjekt. Sentrale aktivitetar har mellom anna vore utviklingsprogram ved høgare lærestader, forprosjekt knytt til eit felles treinformasjonsorgan, samt fleire prosjekt knytt til utvikling av trevirket sine bruksområde, t.d. bruk av massivtreelement, utnytting av furua sin kjerneved, nytt samanføringssystem for reisverk og overflatebehandling av trevirke. Det er gjennom programmet utvikla samarbeid mellom Fylkesmannen, Noregs Forskingsråd og SND for å utnytte og styrke alle sin kompetanse innanfor fagfeltet. Vidare er det utvikla faste møter for å samkjøre dei ulike verkemidla næringa har med offentlege midlar til skogtiltak.

Omstillingstiltak ved Norsk institutt for skogforsking (Skogforsk)

Omstillingstiltaka ved Skogforsk som blei sett i verk i 2000 er følgt opp i 2001. Hovudsaka har vore å tilpasse bemanninga til inntekt. Etter gjeldande reglar må Skogforsk dekkje ventelønnskostnadane fram til tilsetjing i ny stilling eller oppnådd pensjonsalder for den einskilde. Dersom dette får vesentlege budsjettmessige konsekvensar, vil departementet leggje dette fram for Stortinget.

Areal- og ressursforvaltning, frø- og planteforsyning

Skogbruksplanlegginga, der statstilskottet blir dekt med LUF-midlar, blei gjennomført i tråd med planane for 2001. Det blei taksert om lag 2,9 mill. dekar, og utarbeidd planar for 1,9 mill. dekar. Dette resulterte i 2 000 planar, og om lag 750 skogeigarar deltok på kurs i bruk av skogbruksplanen. Det blei utarbeidd færre planar i 2001, noko som hovudsakleg skuldast sterk auka satsing på miljøregistreringar. Denne ekstrasatsinga har i tillegg ført til at nyare skogbruksplanar er supplerte med miljøregistreringar, noko som tyder at det totalt blei registrert miljøverdiar på om lag 5,5 mill. dekar.

Ei viktig utfordring for skogbruksplanlegginga framover er mellom anna å redusere kostnader og tilpasse kvaliteten på arbeidet betre til behova.

Resultat frå skogovervakinga (OPS) syner at helsetilstanden i dei norske skogane var relativt stabil i 2001 i forhold til året før. Resultata frå dei siste åra syner at den negative utviklinga som blei registrert i perioden 1989-1997 har snudd. Programmet blei etablert med bakgrunn i skader av sur nedbør. Forsuringsproblema er mindre no enn ved starten av overvakinga, og tildelinga til programmet blei derfor redusert med om lag 20 pst. i 2001.

Strategisk plan for skogfrøforsyning, planteforedling og bevaring av genetiske ressursar ligg til grunn for aktiviteten ved Det norske Skogfrøverk. Det er ei målsetjing at mest mogleg av frøforbruket i skogbruket i framtida skal ha sitt opphav i frøplantasjar.

Miljøtiltak

Prosjektet Miljøregistreringer i skog - biologisk mangfald står framleis sentralt i miljøarbeidet i skogbruket. Faglege resultat frå prosjektet blei lagt fram i ein hovudrapport frå Skogforsk våren 2002. Meir enn 5 mill. dekar blei miljøregistrert etter MiS-metodikk i 2001, og MiS-registreringar inngår no som ein ordinær del av all skogbruksplantaksering.

Arbeidet i Treprogrammet er òg viktig i samband med miljøsatsinga fordi auka bruk av trevirke gir miljøgevinst samanlikna med bruk av materiale som stål, aluminium, betong m.m.

Kurs- og opplæring

Oppslutninga om hovudtiltaka i regi av Skogbrukets kursinstitutt (SKI) har vore tilfredsstillande. Det blei i 2001 gjennomført 555 kurs og andre arrangement med til saman 2 931deltakarar i kursserien Aktivt skogbruk. Blant kursdeltakarane var 12 pst. kvinner, noko som er ein svak oppgang frå førre år.

Det er òg arrangert korte distriktskurs for skogsarbeidarar og yrkesaktive skogeigarar i kystfylka.

Resultatkontroll

Resultatkontrollen, som starta i 1994, blir ført vidare. Det blei registrert at over 20 pst. av foryngingsarealet ikkje var tilrettelagt for forynging to vekstsesongar etter avverking, noko som gir grunn til uro. Kontrollen omfattar alle skogeigarar, og er eit nyttig hjelpemiddel i skogforvaltninga. NIJOS er gitt i oppdrag å utarbeide eit prosjektmandat for ein gjennomgang av resultatkontrollen i tråd med m.a. det som blei sagt i Skogmeldinga. Dette arbeidet er sett i verk i samarbeid mellom NIJOS og Statens landbruksforvaltning (SLF).

Budsjettforslag 2003

Dei to største utfordringane for skogbruket framover er betre lønnsemd og auka verdiskaping i sektoren. Gjennom forslaga til løyvingar over dette kapitlet og LUF og endringane i skogavgiftsordninga vil ein prioritere desse oppgåvene:

  • Satsing på betre lønnsemd og verdiskaping i skogsektoren m.a. gjennom tiltak som verdiskapingsprogrammet for bruk og foredling av trevirke (Treprogrammet) og gjennom løyvingar og moderniseringstiltak retta mot FoU-sektoren.

  • Det er eit mål å halde oppe dei langsiktige investeringane i oppbygging av ny skog på eit tilfredsstillande nivå, og å legge til rette for betre og meir lønnsam tilgang til skogressursane og -areala. Skogavgifta er den viktigaste finansieringskjelda for å sikre dei langsiktige investeringane i skogbruket. Regjeringa vil betre skogavgiftsordninga ved å heve skattefordelssatsen frå 35 pst. til 60 pst. og fjerne avtrappinga av skattefordelssatsen etter investeringsnivået. Samtidig blir det ikkje lenger mogleg å oppnå skattefordel ved å investere i nye skogsvegar. Desse endringane vil gi skogbruket ein skattereduksjon på om lag 9 mill. kr om skogbruket held oppe investeringane i skogkultur på same nivå som no. På den måten kan skogeigarane sjølve ta eit større ansvar for desse investeringane.

  • Auka vekt på rekruttering til skogsektoren i vid forstand og på kunnskaps- og kompetanseoppbygging i skogsektoren. Det er eit viktig mål å betre tilbodet til skogeigarar, skogsarbeidarar og entreprenørar i heile landet. Landbruksdepartementet har engasjert seg når det gjeld yrkesfaglege studieretningar i vidaregåande skule og kompetanse- og arbeidskraftbehovet i skogbruket, og samarbeider m.a. med Skogbrukets Landsforening (SL), Skogbrukets kursinstitutt (SKI) og Kjelle videregående skole i Akershus. SKI er ein sentral aktør i gjennomføringa av denne aktiviteten som blir delfinansiert over LUF (kap. 1150). Departementet tek sikte på å føre vidare samarbeidet med dei ulike aktørane i samsvar med tilrådingane i Skogmeldinga og dei vurderingane som departementet la fram i budsjettframlegget for 2001. Eit av måla er å utvikle felles haldningar og prioriteringar når det gjeld ulike spørsmål knytt til saksfeltet. Det er òg viktig å leggje betre til rette for auka engasjement og deltaking når det gjeld den vidare utviklinga av sektoren. Departementet legg derfor vekt på tiltak retta mot ungdom og vil ta opp dette med organisasjonar og instansar i skogbruket. Kvinner si deltaking i skogsektoren er framleis låg, og det er eit mål å auke denne. Dette er ei utfordring både for styresmakter og næringa.

  • Høg miljøstandard er ein konkurransefordel som må nyttast og gjerast betre. Skogbruksplanlegging og god skogbruks- og miljøkunnskap skal vere ei hovudplattform for eit langsiktig og miljøvenleg skogbruk. Miljøprofilen i skogpolitikken femnar om mange ulike tiltak knytt til opplæring og informasjon, registrering av miljøkvalitetar, kontrolltiltak og ulike samarbeidsprosjekt. Oppfølging og evaluering av barskogvernet med sikte på auka barskogvern blir ei viktig utfordring for næringa.

  • Skogen sin verknad for klimaet har kome meir i fokus dei seinare åra. Binding av CO2 i ståande skog og i treprodukt, samt skogprodukta sine miljøfordelar framfor andre produkt er framheva i ulike samanhengar. Departementet følgjer Kyotoprosessen med sikte på integrering av skog i det internasjonale klimaarbeidet slik Stortinget bad om ved behandling av Skogmeldinga.

  • Auka vekt på nye og andre lønnsame næringstiltak knytt til bioenergi og utmark. Dette er prioriterte tiltak som departementet vil arbeide vidare med i nær kontakt med kompetansemiljø og relevante organisasjonar og instansar.

Ny skogbrukslov

Arbeidet med ny skogbrukslov blei starta opp i 2000, og departementet tok opphavleg sikte på å sende eit utkast med merknader og lovframlegg på høyring kring årsskiftet 2001-2002. På grunn av regjeringsskiftet hausten 2001 blei framdriftsplanen endra og høyringsutkastet blir derfor sendt ut vinteren 2002-2003. Departementet legg opp til forenkling i høve til gjeldande lov, og at lova ikkje i for stor grad må ha for detaljerte reglar eller legge opp til for tidkrevjande prosessar. Lova skal gi rammer og retningsliner for eit næringsretta skogbruk med vekt på økonomisk avkastning og ein god miljøprofil.

Resultatmål og resultatindikatorar

Midlane til dei ordinære tilskottsordningane over statsbudsjettet og LUF blir gitt som ei rammeløyving til fylka, og er omtalt ved tidlegare høve, seinast i St.prp. nr. 1 (1998-99). Det er utarbeidd særskilde tilskottsreglar for desse ordningane. For å følgje opp økonomireglementet og tidlegare gjennomførte evalueringar, er regelverket for nokre av ordningane blitt revidert.

Departementet hadde i 2002 tatt sikte på å revidere reglane og retningslinene for planlegging og bygging av skogsvegar. Arbeidet blei utsett i påvente av ei avklaring om framtidig oppgåvefordeling.

For å sikre god måloppnåing styrer departementet verksemda m.a. etter resultatmål og -indikatorar knytt til oppbygging av kvalitetsskog, infrastrukturen i skogbruket, miljøtilpassingar i skogbruket og auka og breiare utnytting av skogressursane.

Merknader til dei einskilde postane

Post 50 Forvaltningsstøtte, utvikling og kunnskapsformidling i skogbruket

Departementet gjer framlegg om ei løyving på 13 mill. kr til forvaltningsstøtte og andre oppdrag for det offentlege i 2003.

Fleire forskingsinstitusjonar utfører viktige oppgåver for Landbruksdepartementet innanfor institusjonane sine fagområde. Institusjonane gir råd og gjer utgreiingar som ligg til grunn for politiske og forvaltingsprega tiltak både lokalt, nasjonalt og internasjonalt. Behovet for medverknad frå institusjonane i samband med internasjonale prosessar som gjeld skog og skogbruk er aukande.

Skogforsk er spesielt engasjert i kartlegging av miljøaspekt ved skogbehandling og genetikk knytt til skog. Skogforsk har ei mengd feltforsøk som har stor skogpolitisk verdi, og som det er viktig å oppretthalde både vitskapleg og som grunnlag for framtidig politikkutforming og forvaltning.

Overvakingsprogrammet for skogskadar (OPS) er Noreg sitt bidrag i eit internasjonalt opplegg for skogovervaking som gir grunnlag for internasjonale vedtak og tiltak mot moglege skadeverknader av luftforureiningar. Ein ventar at i framtida vil klimaendringar ha ein større verknad på skogen sin helsetilstand enn sur nedbør. Det er derfor eit ønskje frå departementet å vri noko fokus over mot klimaskadar. Erfaringar frå 2001 vil gi grunnlag for å vurdere nivået på tildelingane framover.

Post 51 Tilskott til Utviklingsfondet for skogbruket

Departementet gjer framlegg om ei løyving på 3,4 mill. kr for 2003. Vedtektene for Utviklingsfondet for skogbruket blei fastsette ved Kgl. res. datert 25.2.1977.

Post 71 Tilskott til verdiskapingstiltak i skogbruket

Departementet gjer framlegg om ei løyving på 39 mill. kr på denne posten i 2003. Framlegget inneber at tilskott til skogkultur fell bort. Det same gjeld transportstøtteordninga over denne posten. Løyvinga til Verdiskapingsprogrammet for bruk og foredling av trevirke er auka til 39 mill. kr som er 19 mill. kr meir enn i 2002. I tillegg kjem løyvinga til skogbruk og bioenergi over LUF (kap. 1150) på 158 mill. kr. Av løyvinga over LUF er 15 mill. kr sett av til satsing på bioenergi.

Fordeling av tilskottsrammer på dei einskilde tiltaka går fram av tabell 2.4. Til samanlikning er tala frå rekneskapen i 2001 og avsette rammer for 2002 tekne med. (alle tal i mill. kr)

Skogkultur

Avviklinga av ordninga med tilskott til skogkultur inneber at oppbygging av ny kvalitetsskog må finansierast av skogeigarane sjølve ved bruk av skogavgift og andre private midlar. Endringane i skogavgiftsordninga vil i nokon grad motverke effekten av budsjettreduksjonen.

Løyvingane til skogbrukstiltak over LUF inneheld ei løyving til skogkulturformål, og regjeringa legg opp til at desse midla bør gå til prosjekt og andre tiltak som legg til rette for at skogeigarane tek ansvar for langsiktig oppbygging av ny skog. Departementet tek sikte på å sende utkast til ny lov om skogbruk ut på høyring vinteren 2002-2003, og legg opp til klarare reglar om skogeigarane sitt ansvar for å bygge opp ny skog etter hogst.

Det er i tabell 2.5 sett opp tal for nyplanting og ungskogpleie (rydding, avstandsregulering og kjemisk behandling) og samla investeringar i skogkultur dei seinaste åra og venta tal for 2002. Uvisse knytt til den kortsiktige effekten av budsjettframlegget gjer at ein ikkje har anslag over aktiviteten for 2003.

Fordeling av tilskottsramme på tiltak

Tiltak

Rekneskap 2001

Løyving 2002

Forslag 2003

Skogkultur

82

63

0

Transport

3

5

0

Verdiskapingstiltak

26

20

39

Sum

111

88

39

Oversikt over nyplantning, ungskogpleie og investeringar i skogkultur

Skogkultur

1998

1999

2000

2001

2002

Nyplanting, 1000 daa

209

196

190

186

185

Ungskogpleie, 1000daa

407

420

386

324

302

Investeringar i alt, mill. kr

278

254

255

238

225

Skogsvegar

Tilskott til bygging av skogsvegar vil bli gitt over løyvinga frå LUF. I samband med jordbruksoppgjeret i 2001 blei det bestemt at tilskott til bygging av skogsvegar ikkje lenger skal gjevast til vegar som vil redusere dei områda som ligg meir enn 5 km frå eksisterande tekniske inngrep, såkalla " villmarksprega område". Dette er innarbeidd i reglane for tilskott til bygging av skogsvegar frå og med 2002. Av St.prp. nr. 65 (2001-2002) framgår det at ombygging av gamle og dårlege skogsvegar bør aukast, mens løyvinga til nybygging bør reduserast. Det framgår vidare at dei samla utbetalingane til skogsvegbygging skal reduserast. Det vil ikkje lenger vere mogleg å oppnå skattefordel ved investeringar i nye skogsvegar.

Tabellen viser m.a. vegbyggingsaktiviteten dei seinare åra og venta aktivitet i 2002 og 2003

Skogsvegar

1998

1999

2000

2001

2002

2003

Nybygging bilvegar, km

290

219

166

176

150

120

Ombygging bilvegar, km

503

432

436

434

400

400

Bilvegar i alt, km

793

651

602

610

550

520

Nybygging trakorvegar, km

707

573

573

471

500

400

Investeringar i alt, mill. kr

178

164

164

148

150

120

Transport

Regjeringa gjer framlegg om at ordninga med transportstøtte fell bort frå 2003.

Verdiskapingstiltak

Departementet ønskjer gjennom Verdiskapingsprogrammet for bruk og foredling av trevirke å legge til rette for heilskapleg utvikling av verdikjeda marknad - skog. Programmet har som mål å auke bruken og foredlingsgraden av trevirke og såleis auke skogsektoren sitt bidrag til meir berekraftig produksjon og forbruk.

Programmet vil arbeide vidare med å utvikle vekstområde for auka bruk av trevirke og profilering av skog og tre. For å realisere utvikling innanfor moglege vekstområde vil det vere nødvendig å sjå satsinga i samband med forsking- og utviklingsaktiviteten innanfor næringa. Departementet ser dette arbeidet som viktig og gjer framlegg om auke i rammene til verdiskapingstiltak til 39 mill. kr.

Post 76 Ressurs- og miljøtiltak i skogbruket

Ein gjer framlegg om ei løyving på 18,7 mill. kr på post 76 for 2003. Løyvinga blir nytta til ulike ressurs- og miljøtiltak, som tiltak for å betre miljøtilpassingane og frø- og planteforsyninga i skogbruket, til ressursregistreringar og til ulike opplærings- og informasjonstiltak. Det er aktuelt for departementet å løyve midlar til utviklinga av eit nasjonalt program for kartlegging og overvaking av biologisk mangfald og etablering av ein artsdatabank innanfor rammene av posten.

Miljøregistrering i skog

Landbruksdepartementet har lagt stor vekt på arbeidet med utvikling av eit vitskapleg dokumenterbart miljøregistreringsopplegg knytt til biologiske miljøverdiar.

Miljøregistreringar i skog er eit viktig grunnlag for miljøinnsatsen i skogbruket. Resultata frå MiS-prosjektet og dei praktiske røynslene i samband med prosjektet vil føre til at registreringsmetodikken utviklast og forbetrast vidare fram mot sesongen 2003 både når det gjeld kvalitet, arealeffektivitet, kostnader o.a. Gjennom det vidare arbeidet i MiS-prosjektet kan ein vente ny kunnskap som vil ha verdi for dei miljøtilpassingar skogbruket gjennomfører etter offentleg skogpolitikk og i høve til Levende Skog sine standardar. Arbeidet er relevant for utviklinga av eit nasjonalt program for kartlegging og overvaking av biologisk mangfald.

Hovudoppgåvene for prosjektet er mellom anna følgjande :

  • publisering av resultat frå prosjektet i internasjonale vitskaplege tidsskrift

  • metodeutvikling med utgangspunkt i kunnskap om artar sin spreiingsevne

  • utvikling av nødvendige kompetansetiltak for å følgje opp dei ulike elementa i det nye miljøregistreringsopplegget

  • arbeidet med nasjonal raudliste for trua artar for å gjere ho meir brukbar for dei som skal drive praktisk skogbruk. Arbeidet er blitt utsett men er no i gang i regi av Skogforsk og Norsk institutt for naturforsking (NINA) som samarbeidspartner. Prosjektet starta i 2002 og vil krevje ressursar i 2003.

Dette vil krevje ei oppfølging av prosjektet i alle fall ut 2004 i samsvar med omtalen i tidlegare års budsjettproposisjonar.

I samband med fastsetjing av rammene til dei einskilde tiltaka over LUF for 2001, blei det vedtatt å etablere ei ordning med tilskott til særleg tyngjande miljøomsyn i skogbruket over dette budsjettet. Ordninga har ei løyving på omlag 15 mill. kr i 2002, og den vil bli ført vidare på om lag same nivå i 2003.

Departementet held fram arbeidet knytt til registrering av kulturminne i skog. Dette miljøregistreringsprosjektet er lagt til NIJOS. Arbeidet i 2002 er særleg knytt til rapportering og bearbeiding av innsamla materiale. I 2003 blir hovudoppgåvene publisering og formidling av kunnskap. Kompetansen i prosjektet kan nyttast innan både jord- og skogbruk, og er og relevant i høve til arbeidet med m.a. miljøplanar på einskilde bruk. Departementet arbeider derfor for å klarleggje framtidig innsats på dette området. Arbeidet i dette delprosjektet vil derfor bli ført vidare i alle fall ut 2004.

Frø- og planteforsyning og bevaring av genetiske ressursar

Det vil innanfor posten bli gitt støtte til Det norske Skogfrøverk for å sikre dei langsiktige oppgåvene innan frøforsyninga. Det vil for 2003 bli prioritert midlar til frø- og konglesanking frå klimautsette område, samt til frøavl og arbeid for å sikre dei genetiske ressursane i skogen. Innanfor ramma vil ein òg gi løyving til nødvendige forvaltningsoppgåver innan frø- og planteforsyninga. Det har vore gode tilhøve for granblomstring i høgareliggande strøk på Austlandet og i Sør-Trøndelag. Det er derfor mogleg at det kan bli konglesanking på gran i 2002. Dette kan medføre ekstra kostnader i 2003.

Det blei i 1998 og 1999 gjennomført ei større kartlegging av DDT-deponiar ved dei norske skogplanteskulane. Resultata frå denne kartlegginga syner at ein må inn med tiltak på 43 planteskular. Tiltaka er planlagt gjennomført i 2002 og 2003. Delar av tiltaka vil bli finansierte av staten.

For å følgje opp tidlegare vedtak og planer vil ein i 2003 gi støtte over denne posten til Skogforsk for det arbeid dei gjer som sekretariat for genressursutvalet for skog.

Informasjonstiltak og kunnskapsoppbygging

Under posten vil ein bruke midlar for kunnskapsinnsamling og informasjonstiltak knytt til eit berekraftig skogbruk. Informasjonstiltaka rettar seg både mot samfunnet generelt, mot rådgjevarane i skogbruket og mot den einskilde skogeigar gjennom produksjon av infomateriell og gjennom samlingar, seminarar o.l.

Tilskott til organisasjonar

Innanfor løyvinga på posten vil ein tildele i alt 1,4 mill. kr i støtte til ideelle organisasjonar som driv arbeid retta mot skogforvaltning og ny næringsverksemd i skog.

Det er sett av 13,6 mill. kr i støtte til organisasjonar over kap. 1140 post 77 slik at det samla er sett av 15 mill. kr til føremålet.

Nytt av året er at midlane vil bli fordelte etter ein open prosess basert på offentleg kunngjering, jf. nærare omtale under kap. 1140 post 77.

Kap. 1143 Statens landbruksforvaltning (jf. kap. 4143)

 

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2001

Saldert budsjett 2002

Forslag 2003

01

Driftsutgifter

159 647

139 673

145 267

50

Avslutning av Statens landbruksbank

14 254

70

Tilskott til beredskap i kornsektoren , kan overførast

16 430

13 045

13 267

71

Omstillingsstøtte til slakteri , kan overførast

20 490

9 100

6 100

72

Erstatningar , overslagsløyving

6 674

100

102

Sum kap 1143

217 495

161 918

164 736

Mål og strategiar

Statens landbruksforvaltning (SLF) er eit utøvande forvaltningsorgan for dei sentrale landbrukspolitiske verkemidla og eit støtte- og utgreiingsorgan for departementet. SLF har ei sentral rolle i samband med gjennomføringa av mat- og landbrukspolitikken, og det er lagt opp til at SLF i tillegg til å administrere dei ulike ordningane òg skal ha ei rådgjevande rolle. Det er føresett at SLF skal medverke til administrativ forenkling og å utvikle eksisterande regelverk med sikte på auka måloppnåing.

Hovudmål for verksemda:

SLF skal innanfor dei landbrukspolitiske rammene medverke til å:

  • sikre ressursgrunnlaget for landbruksproduksjon og levande bygder

  • sikre matproduksjon og ei stabil matforsyning

  • sikre ein stabil marknad og ein godt fungerande næringsmiddelindustri

  • sikre eit godt fungerande importvern og oppfylling av internasjonale plikter.

SLF skal vere ei velfungerande verksemd med initiativrike, endringsdyktige og serviceinnstilte medarbeidarar som gjennom forvaltning og rådgjeving skal sikre brukarane effektive tenester.

SLF har utarbeidd ein strategisk plan for perioden 2002-2006. Det er peika ut tre strategisk viktige områder som SLF spesielt må leggja vekt på i perioden:

  • heilskapleg forvaltning og rådgjeving

  • samarbeid med andre

  • effektivisering av forvaltninga

Presentasjon av resultatområde

SLF har 5 resultatområde. For å nå måla på dei ulike resultatområda er det viktig med god samhandling mellom avdelingane i SLF. Dei ulike resultatområda er:

Areal- og ressursforvaltning

SLF skal medverke til å sikre ressursgrunnlaget for landbruksproduksjon og levande bygder. Dei viktigaste ansvarsområda er knytt til klagebehandling, forvaltning og utvikling av tiltak innan areal- og ressursforvaltning etter m.a. jord-, konsesjons- og odelslova, samt miljø og kulturlandskap. SLF har òg ansvar for ein del av BU-midlane og ordningar for skadeerstatning.

Inntekts- og velferdspolitiske tiltak

SLF skal medverke til å sikre ein stabil matproduksjon og stabil matforsyning. SLF forvaltar inntekts- og velferdsordningar med primærprodusentar som målgruppe. Dei viktigaste ansvarsområda er knytt til utvikling og forvaltning av verkemidla innan areal- og kulturlandskapstilskott, husdyrtilskott, pristilskott, kompetanse, rekruttering og velferdsordningar, kvoteordningar for mjølk og husdyrkonsesjon.

Omsetning og marknadstiltak

SLF skal medverke til å sikre ein stabil marknad og ein godt fungerande næringsmiddelindustri. Dei viktigaste ansvarsområda er marknadsreguleringstiltak og marknadsordningar for mjølk, kjøtt, egg, grønt, potet og korn samt utvikling av økologisk landbruk. Formålet med ordningane er å sikre avsetning for norske jordbruksråvarer. Omsetningsledd og annan næringsmiddelindustri er målgruppa.

Handel og industri

SLF skal medverke til å sikre eit godt fungerande importvern og oppfylling av internasjonale rettar og plikter. Dei viktigaste ansvarsområda er importvern, tollnedsetjingar, importkvotar, ordninga med råvarepriskompensasjon, eksportstøtteordningar, marknadsovervaking og prisinnhenting. Felles for ordningane er at importørar og næringsmiddelindustri er viktige målgrupper, og at ordningane er knytt til internasjonale avtaler.

SLF skal arbeide målretta for ein effektiv kontroll av økonomiske verkemiddel innafor SLF sitt totale ansvarsområde.

Administrasjon

SLF skal vere ei velfungerande verksemd som utnyttar sine ressursar på ein effektiv måte, og som gjennom forvaltning og rådgjeving sikrar brukarane effektive tenester. Dei viktigaste ansvarsområda er knytt til utvikling av personal- og lønnspolitikk, kompetanseutvikling, organisasjonsutvikling, økonomistyring, leiarutvikling, dokumentasjon og informasjon, interne driftsoppgåver og IKT.

Resultatrapport 2001

SLF blei oppretta 01.07.2000. Verksemda har i 2001 halde fram med omstillingsprosessen som følgje av samordninga av fleire tidlegare institusjonar. Det har blitt sett i gang eit langsiktig og systematisk arbeid for å tilpasse verksemda til nye krav. Dette arbeidet har hatt høg prioritet i 2001. Strategisk plan og IKT-strategi for verksemda er utarbeidd. IKT-strategien er eit ledd i å utvikle SLF til å kunne tilby elektroniske sjølvbetjeningsløysingar i forvaltning. SLFs arbeid med og innspel til jordbruksoppgjeret 2001 har vore sentralt. I tillegg til konkrete innspel, gjennomførte og deltok SLF i fleire utgreiingar før og etter jordbruksoppgjeret. Samarbeid med andre aktørar er gjennomført med høg prioritet i 2001. Det gjeld m.a. faglaga, næringsmiddelindustrien og deira organisasjonar og regional landbruksforvaltning.

SLF har i 2001 halde fram arbeidet med systemutvikling og forenkling av dei økonomiske verkemidla over jordbruksavtalen. Marknadsordninga for korn (ny ordning sett i verk 01.07.2001) og prisutjamningsordninga for mjølk har hatt spesielt stor merksemd. Arbeid med marknadstiltak innan økologisk landbruk blei sett i gang. I løpet av 2001 fekk SLF tildelt forvaltningsansvaret for ei rekkje andre oppgåver knytt til økologisk landbruk. SLF har delteke i arbeidet med forhandlingar om protokoll 3 (foredla landbruksvarer) i EØS-avtalen. SLF har ført ein målretta kontroll med dei økonomiske verkemidla som institusjonen forvaltar. SLF overtok i 2001 sekretariatet for styret for Fondet for forskingsavgift på landbruksprodukt.

Budsjettforslag 2003

I 2003 vil det vere viktig å utvikle organisasjonen vidare slik at SLF kan nå dei måla og gjennomføre dei strategiane som er lagt til grunn for verksemda, jf. St.prp. nr. 65 (2001-2002) om jordbruksoppgjeret, kat. 15.30 og kap. 1150.

Ein viktig del av arbeidet med å utvikle SLF vidare er knytt til gjennomføringa av IKT-strategien for perioden 2002-2004. Satsinga på IKT er heilt nødvendig for å møte dei utfordringane som SLF vil stå overfor i tilskottsforvaltninga dei næraste åra. SLF blir stilt overfor krav om auka brukarfokus og betre service enn tidlegare. Viktige brukergrupper som bønder og næringsmiddelindustri ønskjer at det skal vere mogleg å kommunisere med SLF elektronisk og når dei måtte ønskje det (elektroniske sjølvbetjeningsløysingar). Arbeidet med IKT-strategien vil medverke til dette.

For å få gjennomført IKT-strategien i det nødvendige og framtidsretta omfanget og innanfor ein akseptabel tidshorisont, krevjast det ein auka innsats dei næraste 3 åra. For å få til dette er ein avhengig av ein kombinasjon av jordbruksavtalemidlar og midlar over SLF sitt eige budsjett. For 2002 er det nødvendig å finansiere ein monaleg del av SLF sine utviklingskostnader innanfor IKT med jordbruksavtalemidlar. Det blei derfor i 2002-2003 sett av totalt 20 mill. kr til IKT-startegien i SLF, jf. St.prp. nr. 65 (2001-2002) kap. 8.1.4, i tillegg til 10 mill. kr frå kap. 1143 i 2002. I 2003 tek ein sikte på ein auka avsetning til IKT-strategien innafor kap. 1143.

Under følgjer ei nærare omtale av dei einskilde resultatområda:

Areal- og ressursforvaltning

I 2003 må SLF arbeide vidare med å leggje til rette for ein meir heilskapleg verkemiddelbruk på miljøområdet som er betre tilpassa dei lokale utfordringane, m.a. gjennom utvikling av miljøprogram.

SLF vil arbeide med å følgje opp St.meld. nr. 19 (2001-2002) Om nye oppgåver for lokaldemokratiet - regionalt og lokalt nivå, slik at endringane i oppgåvedeling kan gjennomførast som føresett.

SLF skal forvalte det nye Skadefondet for landbruksproduksjon, jf. kap. 1150. SLF vil arbeide med opprettinga av fondet og utgreie endring/omlegging i erstatningsordningane med sikte på effektive løysingar.

Inntekts- og velferdspolitiske tiltak

I år 2003 vil SLF sluttføre arbeidet med innføring av nytt regelverk for produksjonstilskott. SLF vil følgje opp ny kvoteordning for mjølk, samt følgje opp ny kvoteordning for geitemjølk. Innspel til forenklingar i dei økonomiske verkemidla over jordbruksavtalen er viktig i 2003 og arbeidet å redusere oppgåvebyrdene til næringslivet skal førast vidare.

Omsetning og marknadstiltak

I 2003 må SLF leggje vekt på arbeidet med å sikre god iverksetjing av komande revidering av prisutjamningsordninga for mjølk frå 01.07.2003 og den foreståande gjennomgangen av alle marknadsordningane for å sjå på rammevilkår for dei uavhengige aktørane. Økologisk landbruk og styrking av beredskapsarbeidet vil òg vere viktige satsingsområde.

Handel og industri

I 2003 må SLF leggje vekt på arbeidet med utarbeiding av regelverk for bearbeiding av norske råvarer i utlandet for reimport til Noreg, samt førebuing til internasjonale forhandlingar.

SLF må framleis ha fokus på arbeidet med ekstern kontroll av økonomiske verkemiddel innafor sitt totale ansvarsområde.

Administrasjon

SLF må i 2003 ha fokus på gjennomføringa av IKT-strategien for perioden 2002-2004 der utvikling av SLF til elektronisk forvaltning står sentralt. SLF må i 2003 styrkje kompetansen innan økonomistyring og arbeide vidare med effektivisering av verksemda.

Merknader til dei einskilde postane

Post 01 Driftsutgifter

Departementet gjer framlegg om ei løyving på kap. 1143 post 01 på vel 145 mill. kr for 2003.

Posten skal dekkje SLFs driftsutgifter. For å kunne oppretthalde nødvendig fleksibilitet vil det framleis vere aktuelt å belaste tilskottsordningane med visse utgifter, særleg av utviklings- og utgreiingskarakter og ved evalueringar, jf. omtale av Økonomiregelverket i staten i kat. 15.00.

Post 70 Tilskott til beredskap i kornsektoren

Beredskapstiltaka i kornsektoren er ein del av forsyningsberedskapen i Totalforsvaret. Prosjektet " Risiko- og sårbarhetsanalyse av daglegvareforsyninga i Nord-Noreg" la i 2002 fram forslag til endringar i forsyningsberedskapen i Nord-Noreg for Nærings- og handelsdepartementet og Landbruksdepartementet. Endringane inneber ei tilpassing av departementa sine tiltak til dei gjeldande trusselvurderingane innafor sivilt beredskap og samfunnstryggleik. Endringane er også i tråd med St.meld. nr. 17 (2001-2002) Samfunnssikkerhet - Veien til et mindre sårbart samfunn. Forslaga inneber ei utfasing av dagens ordning med korn- og mjølberedskap i Nord-Noreg, og at ein frå 2004 tek sikte på å etablere ei sterkt redusert ordning for lager av mjøl til bakeribransjen nord for Ofoten. Utgreiinga har vore på høyring og det har ikkje kome innspel som endrar dei føresetnadene som er lagt til grunn i utgreiinga.

Landbruksdepartementet vil legge ned beredskapsordninga for korn og mjøl i Nord-Noreg, samt 3 kornlager i Sør-Noreg i løpet av 2003. Dette vil medføre eit meirbehov på ordninga samanlikna med tidlegare grunna eingongskostnader knytt til avvikling av ordninga.

Det blir gjort framlegg om ei løyving på posten på vel 13 mill. kr i 2003. Dei budsjettmessige konsekvensane knytt til opphør av ordninga vil ein kome attende til i Revidert nasjonalbudsjett våren 2003.

Post 71 Omstillingsstøtte til slakteri

Etter at finansieringa av kjøttkontrollen blei lagt om frå 01.01.1999, har enkelte verksemder fått større kostnader til kjøttkontroll. Omstillingsstøtta skal medverke til å jamne ut kostnadene som slakteria har til kjøttkontroll, og er særleg retta inn mot at små slakteri over tid kan tilpasse seg den nye finansieringsmodellen.

Departementet gjer framlegg om ei løyving på 6,1 mill. kr i 2003 som er ein nedgang på 3 mill. kr frå 2002. Reduksjonen vil føre til at støtta til enkelte slakteri vil falle bort og enkelte vil få redusert støtte. Reduksjonen vil ikkje omfatte reinslakteri. Departementet legg opp til at små slakteri vil bli prioritert innafor løyvinga.

Post 72 Erstatningar

Ein gjer framlegg om ei løyving på 0,1 mill. kr som skal dekkje erstatningar ved ekspropriasjon av rett til reinbeite i Trollheimen.

Kap. 4143 Statens landbruksforvaltning (jf. kap. 1143)

 

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2001

Saldert budsjett 2002

Forslag 2003

01

Driftsinntekter m.m.

39 763

22 999

23 896

18

Refusjon sjukepengar

3 565

80

Renteinntekter

3 144

Sum kap 4143

46 472

22 999

23 896

Post 01 Driftsinntekter

Løyvinga gjeld driftsinntekter som Statens landbruksforvaltning har knytt til m.a. sekretariatet for Omsetningsrådet og styret for Fondet for forskingsavgift på landbruksprodukt, administrasjon av ulike fond og prisutjamningsordninga og kvoteordninga for mjølk og sal av tenester. Inntekter frå gebyr blir òg ført på posten. Departementet gjer framlegg om ei løyving på knapt 23,9 mill. kr for 2003.

Kap. 1145 Jordskifterettane (jf. kap. 4145)

 

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2001

Saldert budsjett 2002

Forslag 2003

01

Driftsutgifter

137 267

135 811

142 967

Sum kap 1145

137 267

135 811

142 967

Mål og strategiar

Jordskifterettane er særdomstolar som arbeider med oppgåver som er heimla i jordskiftelova. Særdomstolen er uavhengig i den dømmande verksemda. Administrativt ligg han til Landbruksdepartementet.

Formålet med jordskifte er å gjere eigedomar betre skikka for utnytting. Jordskifteretten gjennomfører jordskifte ved m.a. å løyse opp sameige, utforme eigedomar på nytt gjennom å byte grunn og rettar, gi reglar om bruken i områder på tvers av eigedomsgrensene, og klarleggje og fastsetje eigedomsforhold og grenser. Jordskiftelova slår fast at ingen part i ei jordskiftesak kan påførast tap.

Gjennomføringa av jordskifte, skjønn og grensegang er organisert i domstolsform for å ivareta rettstryggleiken til dei som blir berørt av jordskifte.

Til forskjell frå dei ordinære domstolane, syter jordskifterettane for avmerking, innmåling og kartfesting av eigedomsgrenser som ein integrert del av jordskiftesakene. På denne måten sikrar jordskifterettane effektiv utnytting av dei ressursane samfunnet set inn.

Hovudmåla for Jordskifterettane er:

  • sikre god oppgåveløysing

  • sikre rettstryggleiken til partane

  • yte god service til brukarane

  • ha ei god leiing og ein effektiv administrasjon

Eit heilt sentralt delmål er å arbeide for at vente- og saksbehandlingstida kan reduserast til eit akseptabelt nivå. Gjennomsnittleg saksavviklingstid for sivile saker ved tingrettane er 6,5 månader. Ved jordskifterettane er no saksavviklingstida 30 månader. Ein må akseptere noko lenger saksbehandlingstid ved jordskifterettane enn ved tingrettane. Grunnane til dette er m.a. at ein som regel er avhengig av synfaring på barmark og ein god del teknisk arbeid. Det er likevel eit viktig mål å korte ned ventetida ved jordskifterettane. I 2003 er det eit mål å redusere gjennomsnittleg ventetid til 15 månader, og gjennomsnittleg saksbehandlingstid til 13 månader. På lengre sikt vil det vere eit mål å redusere ventetida ned mot nivået ved dei ordinære domstolane.

Resultatrapport 2001

Overslag og erfaring tyder på at løyvingar til Jordskifterettane gir ei verdiskaping på minst det dobbelte av løyvinga i form av auka produktivitet og sysselsetjing i distrikta.

Statistikken viser at det blei avslutta totalt 987 saker i 2001, fordelt med 930 saker ved jordskifterettane og 57 saker ved jordskifteoverrettane. Dette er ein nedgang på 97 saker i høve til 2000. Nedgangen var om lag lik for alle sakstypane. 777 tvistar blei behandla og avgjort enten gjennom dom eller rettsforlik. 8 389 partar fikk løyst problem knytt til eigedomane deira i sakene som blei avslutta. I dei avslutta sakene blei det pålagt felles investeringar for om lag 33 mill. kr. Det blei vedtatt bygd 192 km skogsvegar og det blei merka og koordinatfesta 1 497 km grenser. Desse resultatmåla viser at dei sakene som blei slutta i 2001 gjennomgåande var større enn dei sakene som blei slutta i 2000. Ein må likevel konstatere ein viss produktivitetssvikt, noko som blei førespegla i St.prp. nr. 1 (2001-2002) som følgje av den omorganiseringa ein er midt inne i. Gjennomsnittsalderen på avslutta saker minka med 2 månader frå 2000 til 2001 til 30 månader. Gjennomsnittleg ventetid før sakene kom opp til behandling var 16 månader og gjennomsnittleg saksbehandlingstid var 14 månader.

Ved lovendring våren 2001 fekk jordskifteretten to nye oppgåver. Jordskifteretten kan no gjennomføre arealbytte/makeskifte mellom jordskiftefeltet og eigedomar som ligg utanfor feltet, t.d. i ein annan kommune. Sakstypen høver godt for grunnerverv gjennom arealbyte for store tiltak, som Regionfelt Østlandet, men også ved ulike miljøverntiltak som t.d. barskogvern. Jordskifteretten fekk òg heimel til å halde grensegang for grenser som gjeld offentlegrettsleg råderettsinnkrenking, t.d. for barskogvernområda. Erfaringar frå dei fleste landa i Europa og evalueringsrapportar i Noreg i samband med viktige offentlege utbyggingstiltak har vist at jordskifte er eit egna verkemiddel.

I samsvar med endringane i organiseringa av jordskifterettane som blei lagt fram i St.prp. nr. 1 er 18 fylkesjordskiftekontor og fem jordskifterettar lagde ned med verknad frå 31.12. 2001. Ein jordskifteoverrett blir lagt ned og to blir flytta innan 28.02. 2005. I St.prp. nr. 1 (2000-2001) blei det lagt opp til å vurdere nedlegging av to jordskifterettar og flytting av to jordskifterettar. Desse spørsmåla har vore på høyring. Etter ei samla vurdering er Østfold jordskifterett flytta frå Moss til Sarpsborg medan Finnmark jordskifterett blir verande i Vadsø. Vestoppland jordskifterett og Ofoten jordskifterett blir nedlagde frå 31.12.2002. Samordninga av økonomiforvaltninga i jordskifterettane er gjennomført med verknad frå 01.01.2002.

Alle jordskifterettane har utarbeidd serviceerklæringar.

Budsjettforslag 2003

Jordskifteretten arbeider etter jordskiftelova. Retten må treffe avgjerd i alle saker som fell under lova.

Rett fordeling av tilgjengelege ressursar er avgjerande for å få ned restansane ved dei einskilde jordskifterettane og for at tilbodet til publikum skal bli det same over heile landet. Departementet vurderer kontinuerleg ressursfordelinga med bakgrunn i dette.

Departementet har i 2002 arbeidd med omorganiseringsprosessen. Omorganiseringa vil i all hovudsak vere gjennomført ved utgangen av 2003, men nokre overgangsordningar vil strekke seg fram til 2005.

I sum reknar ein med at omorganiseringa og bruk av ny teknologi på sikt vil gi ei effektivisering på opp mot 10 pst. Omstillinga vil gjere det mogleg å få meir kostnadseffektivt arbeid internt på kontora. I ein omstillingsperiode må ein likevel rekne med ein viss produktivitetssvikt som følgje av overgang til ny kontorstruktur og flytting av personell. Dette vil slå mest ut i 2003 og 2004.

Eit regjeringsoppnemnd utval (Løken-utvalet) har greidd ut om jordskiftearbeidet i framtida framleis skal gjerast i ein særdomstol, eller gå over til å bli forvaltning. Utvalet la fram innstillinga si 03.06.2002 (NOU 2002: 9 Jordskifterettenes stilling og funksjoner).

Hovudkonklusjonar er m. a. at jordskifteoppgåvene ikkje kan leggjast til eit forvaltningsorgan som kan instruerast av overordna utøvande myndigheit. Det er heller ikkje mogleg å inkorporere oppgåvene i verksemda til dei alminnelege domstolane då dei ikkje har den særlege kunnskapen og kompetansen som blir kravd i dette arbeidet. Eit fleirtal på 10 går inn for at oppgåvene framleis skal løysast av jordskifteretten som særdomstol då dei meiner dette er mest rasjonelt for samfunnet. Eit mindretal på eitt medlem ønskjer at oppgåvene skal løysast av eit frittståande forvaltningsorgan.

MMI gjennomførte ei gransking for utvalet for å kartleggje brukarane sine haldningar til jordskifterettane. Granskinga viser at grunneigarane har ein grunnfesta tillit til jordskifterettane. 74 pst. av dei spurde meiner at jordskifteretten i svært stor eller stor grad sikrar rettstryggleiken for grunneigarane medan talet for dei alminnelege domstolane er 54 pst., landbruksstyresmaktene 49 pst. og kommunestyra 28 pst. for å ta med nokre andre aktuelle institusjonar.

Heile utvalet peikar på at behandlinga av jordskiftesakene tar for lang tid, og at dette har samanheng med manglande ressurstilgang.

NOU 2002: 9 er sendt på brei høyring med frist 15.10.2002. Dersom høyringa ikkje tilseier noko anna, vil fleire av framlegga til utvalet bli følgt opp vinteren 2003. Ein vil ta opp framlegget om å gjere jordskiftedommarane til embetsmenn og endre ordninga med allment løyve, og ein vil starte arbeidet med revisjon og modernisering av jordskiftelova. Landbruksdepartementet kjem attende med forslag til oppfølging av utvalet si innstilling etter at høyringsutsegnene er vurderte.

Departementet har sett ned ei arbeidsgruppe for å sjå på det arbeidet NIJOS gjer for Jordskifterettane, og kjem attende med framlegg om korleis dette kan utviklast i budsjettframlegget for 2004.

Regionfelt Østlandet er no kravd inn for jordskifteretten som jordskiftesak. Dette er den største saka i utstrekning jordskifterettane nokon gong har hatt til behandling. Det er også kravd fleire andre uvanleg omfattande jordskiftesaker siste året, mellom anna ei sak med om lag 1500 grunneigarar som partar.

Landbruksdepartementet, Miljøverndepartementet og Kommunal- og regionaldepartementet gav i 2001 ut rapporten " Virkemidler for betre arealutnytting i byar og tettstader". Rapporten peikar på urbant jordskifte som eit egna verkemiddel i by- og tettstadsutviklinga. Etter høyring av delinnstilling 1 har planlovutvalet kontakta departementet med sikte på å få endra jordskiftelova slik at jordskifteverkemidla blir tilgjengelege også i byar og tettstader. Departementet har sett ned eit utval som skal leggje fram innstillinga si innan 01.01.2003 når det gjeld lovendringsarbeid på dette grunnlaget.

Dei siste åra har ein satsa ekstra på investering i GPS-utstyr og IKT for å effektivisere mark- og kontorarbeidet i Jordskifterettane. Denne satsinga blir ført vidare i 2003.

Det tekniske samarbeidet med fylkesmennene om geodata (GIS) vil også halde fram i 2003. GIS blir brukt til å framstille jordskifte- og temakart og for å gjere nødvendige utrekningar, utarbeide skifteplaner m.m.

Kap. 4145 Jordskifterettane (jf. kap. 1145)

 

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2001

Saldert budsjett 2002

Forslag 2003

01

Saks- og gebyrinntekter

8 304

12 687

13 182

15

Refusjon, arbeidsmarknadstiltak

231

16

Refusjon, fødselspengar/adopsjonspengar

1 065

18

Refusjon sjukepengar

881

Sum kap 4145

10 482

12 687

13 182

Post 01 Saks- og gebyrinntekter

Posten omfattar inntekter ved innkrevjing av gebyr frå partane. Det er ikkje lagt opp til endringar i gebyrreglane i høve til 2002. Budsjettframlegget er på omlag same nivå som for 2002.

Partane har store utgifter med sakene som ikkje går fram av budsjettframlegget. Dette er t.d. godtgjersle til meddommarar, målearbeid, grensemerke og eigeninnsats ved førebuing til rettsforhandlingar. Desse utgiftene som er førte i eigne saksrekneskap, har auka monaleg dei seinare åra, m.a. fordi satsane for godtgjersle til meddommarane er auka med 400 pst.

Kap. 1146 Norsk institutt for jord- og skogkartlegging (jf. kap. 4146)

 

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2001

Saldert budsjett 2002

Forslag 2003

01

Driftsutgifter

69 144

61 167

65 634

Sum kap 1146

69 144

61 167

65 634

Mål og strategiar

Norsk institutt for jord- og skogkartlegging (NIJOS) skal produsere standardisert informasjon av høg kvalitet om naturressursar, areal og miljø. Målet er at instituttet skal bli ein leiande leverandør av slik informasjon og slik sett dekkje dei behova samfunnet har for grunnleggjande data om jord, skog, vegetasjon og landskap.

Informasjonen frå NIJOS må vere av ein slik kvalitet at den kan nyttast i samband med:

  • utforming, gjennomføring og etterprøving av mat-, og landbrukspolitikken

  • verdiskaping og berekraftig utnytting av natur- og landskapsressursane

  • ein meir målretta samfunnsplanlegging og modernisering av offentleg forvaltning

  • ein meir målretta internasjonal bistand

  • utvikling og rapportering knytt til internasjonale prosessar og avtaler

NIJOS skal bidra til dette ved å:

  • gjennomføre landsdekkjande utvalsundersøkingar av skogressursar og landbrukets kulturlandskap

  • byggje opp og vedlikehalde system for samordna arealinformasjon for heile landet

  • dokumentere og samordne ressurs- og miljødata, formidle data til brukarane og yte kompetansetenester innanfor skogbruksplanlegging, geodata og jordskifte

Organisatoriske forhold

NIJOS si verksemd er organisert med eit hovudkontor på Ås og fire distriktskontor i Andselv, Steinkjer, Hamar og Bø. For å oppnå ein meir effektiv utnytting av ressursane vil kontoret på Hamar bli lagt ned. Oppgåvene som kontoret har hatt vil bli ivaretekne frå hovudkontoret. Det blir ikkje gjort andre organisatoriske endringar no. Kontoret i Bø vil bli oppretthalde inntil vidare for å sikre kapasitet i samband med produksjon av digitale markslagskart.

Landbruksdepartementet legg stor vekt på at informasjonen frå NIJOS må utformast slik at andre sektorar òg kan nytte den, og departementet legg derfor stor vekt på at NIJOS må ha god kontakt med fleire målgrupper. NIJOS skal satse vidare på distribusjon av informasjonen ved hjelp av Internett. Dette skal mellom anna gi borgarane enklare tilgang til informasjon om miljøet, medverke til modernisering av forvaltninga og utvikle innhald til den elektroniske infrastrukturen som ledd i eNoreg-strategien.

Resultatrapport 2001

Landsskogstaksering og skogovervaking

Landsskogtakseringa og arbeidet med fylkesvise takstar er ført vidare med registrering på 1/5 av dei landsdekkjande prøveflatene. Registreringar innanfor overvakingsprogrammet for skogskader er gjort i tråd med den nasjonale satsinga og etter internasjonale avtaler. Data frå Landsskogtakseringa er viktig for regionale skogpolitiske strategiarbeid og brukast saman med data frå skogovervakingsprogrammet som grunnlag for skog- og miljøpolitiske analysar og i internasjonal rapportering.

Overvaking av kulturlandskap

Programmet Overvaking av jordbruket sitt kulturlandskap er ført vidare med flyfotografering i åtte fylke i Sør Noreg. Overvakinga viser utviklinga i kulturlandskapet for indikatorar innan arealstruktur, biologisk mangfald, kulturminne og ferdselsmoglegheiter. Programmet vil inngå i landbruksstyresmaktene si forvaltning av arealtilskott og gir grunnlag for nasjonal og internasjonal rapportering.

Digitale markslagskart (DMK)

I 2001 ble det produsert DMK for om lag like store areal som året før (om lag 16 000 km2) og DMK ligg no føre for 248 kommunar og dekkjer om lag 114 000 km2. NIJOS arbeider med fleire tiltak med sikte på betre ajourhald og kvalitet på markslagskarta. DMK er det viktigaste bidraget frå landbruket i den nasjonale infrastrukturen av digitale kartdata. Når det digitale kartet er ferdig for heile fylke, kan ein lage arealressurskart i ein meir oversiktleg målestokk.

Jordsmonnkartlegging

NIJOS har gjennomført jordsmonnkartlegging av 169 km2 i 2001. Totalt føreligg det jordsmonnkart for om lag 4 300 km2. Det er auka etterspurnad og bruk av jordsmonnkart og ulike temakart blant kommunane i høve til arbeid med næringsutvikling, arealplanlegging og miljøtiltak.

Vegetasjon

I 2001 er det gjort vegetasjonskartlegging av 530 km2. Karta nyttast innan arealplanlegging, beitebruk og anna næringsutvikling i utmark og etterspurnaden etter vegetasjonskart har auka.

Kompetansetenester

NIJOS yter kompetansetenester innanfor skogbruksplanlegging, geodata og jordskifte. LGIS er eit eige GIS system for landbruket. Dette har NIJOS utvikla vidare, og ein har ytt tenester til dei kommunane som tek dette i bruk.

Anna

NIJOS har opna ei Internettside som gjer at ålmenta kan sjå på og laste ned DMK og arealressurskart i liten målestokk. Det er laga arealressurskart for til saman om lag 45 000 km2, noko som utgjer 14 pst. av landarealet. Det er under utvikling eit kart der ein kombinerer jordsmonn-, klima- og plantedata. Dette vil vere ein god reiskap for arealforvaltning og miljøarbeid. Bruk av klima- og jorddata, saman med plantevekstmodellar, vil medvirke til betre kvalitet og betre lønsemd i planteproduksjonen, m.a. som grunnlag for val av rett plantesort og forbetring av dyrkingssystema.

Budsjettforslag 2003

NIJOS vil føre vidare dei langsiktige programma innan kartlegging og klassifisering av data om skog, jord, vegetasjon og landskap. Dette er kjerneverksemda ved instituttet og nye oppgåver skal byggje på desse. NIJOS skal òg utvikle nye produkt, yte kompetansetenester og føre vidare satsing på formidling av data og informasjon over Internett. Dette vil få auka vekt ettersom fleire oppgåver innan landbruk og miljø blir lagt til kommunane og er ein viktig del av arbeidet med modernisering av forvaltninga innan landbrukssektoren og av satsinga på betre elektronisk innhald for Internett. Landbruksdepartementet tek òg del i arbeidet med å utvikle eit nasjonalt program for kartlegging og overvaking av biologisk mangfald. Verksemda ved NIJOS gir viktige bidrag til dette.

Landsdekkjande utvalskartlegging

I 2003 skal NIJOS føre vidare og effektivisere noverande program.

Måla for 2003 er å:

  • føre vidare den 8. landsskogtakst med 5-årig omdrev,

  • føre vidare arbeidet med resultatkontroll skog og vidareutvikle dette i tråd med særskilt oppdrag frå Landbruksdepartementet,

  • forvalte dei innsamla data, produsere og formidle dei nasjonale standardrapportane for tilstand og endringar i ressursar og miljø og standardrapportane for internasjonalt samarbeid,

  • arbeide vidare med eit opplegg for landsdekkjande samordna utvalskartlegging - "1000 stader", som kan dekkje behova for overvaking innan fleire sektorar. Ein skal arbeide for å få finansiering frå fleire sektorar.

Landsdekkjande samordna arealressurskartlegging

NIJOS skal føre vidare og effektivisere eksisterande program. Med grunnlag i desse skal NIJOS byggje opp samordna arealinformasjon for heile landet og meir detaljert informasjon om dei viktigaste områda for næringsverksemd.

Måla for 2003 er at NIJOS skal:

  • etablere om lag 16 000 km2 og ajourføre 6 000 km2 DMK. Ajourføring av DMK er styrkt med midlar frå jordbruksavtalen og vil mellom anna gå til flyfotografering av jordbruksareal for å få betre kvalitet på karta,

  • kartleggje om lag 150 km2 jordsmonn,

  • produsere arealressurskart basert på data om markslag, jord og klima og andre data kombinert med data frå satellittbilete. NIJOS skal arbeide for å få delfinansiering av karta frå brukarane,

  • utvikle informasjon basert på jord-, klima-, vegetasjonsdata som grunnlag for jordvern, verdsetjing, betre ressursbruk i jordbruket og for ivaretaking av landbruket sitt sektoransvar for miljø,

  • føre vidare informasjonssystem for beitebruk i utmark og vegetasjonskartlegging i utmark,

  • forvalte dei innsamla data og produsere og formidle informasjon til bruk i samfunnsplanlegging, arealforvaltning og næringsutvikling.

Kompetansesenter m.m.

NIJOS er landbruket sitt kompetansesenter innanfor geodata, i høve til skogbruksplanlegging og yter tenester for jordskifterettane. NIJOS har òg kompetanse som nyttast innan norsk bistand og tek oppdrag i høve til dette.

Måla for 2003 er å:

  • yte tenester til sentrale og regionale landbruksstyresmakter for å effektivisere geografisk informasjonshandsaming,

  • yte tenester til Jordskifterettane for omlag 3,8 mill. kr i året. I NOU 2002:9 Jordskifterettane si stilling og funksjonar blir det trekt opp nokre prinsipielle liner for Jordskifterettane sitt samspel med andre institusjonar. Departementet har sett ned ei arbeidsgruppe for å sjå på arbeidet som NIJOS gjer for Jordskifterettane og kjem attende med framlegg om korleis dette kan utviklast i budsjettproposisjonen for 2004,

  • forbetre regelverk, utvikle metodar og forvalte innsamla data innan skogbruksplanlegging. Arbeidet i kompetansesenteret for skogbruksplanlegging drøftast årleg mellom instituttet og Landbruksdepartementet. Sidan 1997 har NIJOS arbeidd med å utvikle metodar for registrering av kulturminne i skog i samband med skogbruksplanlegging. Denne kompetansen er òg relevant i høve til arbeidet med m.a. miljøplanar på gardsbruk. Departementet vil saman med NIJOS, SLF og kulturminnestyresmaktene klargjere om NIJOS bør få fleire oppgåver her,

  • utvikle Landbruket sitt geografiske informasjonssystem (LGIS) for å bli tilpassa Internett og for å løyse nye oppgåver.

NIJOS skal styrke arbeidet knytt til produksjon og formidling av digitale kart- og registerdata til m.a. fylkesmannen og kommunane og leggje til rette data for bruk på Internett. Avsetjinga til dette arbeidet er auka med 2 mill. kr i budsjettframlegget. Ein skal gjere produkt som gardskart, jordsmonnsdata, beiteinformasjon og skogstatistikk tilgjengeleg på Internett.

I tillegg er det sett av midlar frå jordbruksavtalen til DMK og for å finansiere NIJOS sitt arbeid med overvaking av jordbruket sitt kulturlandskap. Dette programmet får òg midlar frå Miljøverndepartementet. Det er òg sett av midlar på kap. 1142 for overvakingsprogrammet for skogskader og frå skogordningane over LUF og kap. 1142 til kompetansesenter for skogbruksplanar. Arbeidet med utvikling og rapportering knytt til internasjonale avtalar og prosessar får midlar over kap. 1140 post 77.

Kap. 4146 Norsk institutt for jord- og skogkartlegging (jf. kap. 1146)

 

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2001

Saldert budsjett 2002

Forslag 2003

02

Driftsinntekter

26 640

16 749

17 402

16

Refusjon, fødselspengar/adopsjonspengar

340

18

Refusjon sjukepengar

835

Sum kap 4146

27 815

16 749

17 402

Det er under kap. 4146 post 02 budsjettert med inntekter frå NIJOS si oppdragsverksemd.

NIJOS skaffar inntekter i marknaden ved delfinansiering av produkt, oppdragsverksemd og prising av nokre produkt og tenester. Dei økonomiske vilkåra kring dette skal vera opne og NIJOS skal berre delfinansiere oppdrag innanfor forsking og utgreiing eller landsdekkjande kartleggingsprogram.

Kap. 1147 Reindriftsforvaltninga (jf. kap. 4147)

 

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2001

Saldert budsjett 2002

Forslag 2003

01

Driftsutgifter

31 660

28 036

35 940

45

Store utstyrskjøp og vedlikehald , kan overførast

2 280

3 061

3 113

70

Tilskott til fjellstover

628

625

636

71

Omstillingstiltak i Indre Finnmark , kan overførast

2 224

2 109

2 145

Sum kap 1147

36 793

33 831

41 834

Mål og strategiar

Innleiing

Reindriftsforvaltninga skal leggje til rette for at måla i reindriftspolitikken blir nådde. Reindriftsforvaltninga forvaltar reindriftslova og verkemidla under reindriftsavtalen. Reindriftsforvaltninga er òg sekretariat og utøvande organ for Reindriftsstyret og Områdestyra og har ein rådgjevande funksjon i høve til næringa.

Overordna mål

Reindriftspolitikken byggjer på to sjølvstendige verdigrunnlag - ein næringspolitisk produksjonsverdi og ein samepolitisk kulturverdi. Dei reindriftspolitiske måla er samanfatta i omgrepet " Ei berekraftig reindrift". Med dette meiner ein ei reindrift som har økologisk, økonomisk og kulturell berekraft. Desse tre måla står i innbyrdes samanheng. Økologisk berekraft gir grunnlag for økonomisk berekraft, og saman gir økologisk og økonomisk berekraft grunnlag for å utvikle kulturell berekraft.

Departementet har trekt opp seks resultatområde som Reindriftsforvaltninga arbeider etter:

1. Ressursforvaltning

Reindriftsforvaltninga skal på bakgrunn av grunnlagsdata om utviklinga i lavbeita, slaktevekter, klimatiske og driftsmessige forhold medverke til nødvendige tiltak som gir ein tilpassa reinbestand, samt kontrollere at rammene for bruk av beiteressursane blir haldne.

2. Arealforvaltning

Reindriftsforvaltninga skal fortsette arbeide for å få dokumentert reindrifta si arealbruk og rettar, samt arbeide for auka forståing av reindrifta si bruk av areal, og da særleg blant arealplanleggjarar i kommunar og fylkeskommunar. Vidare er det viktig å få bevisstgjort planleggjarane sitt ansvar på alle nivå i høve til den plikta som dei òg har etter Grunnloven §110 a og folkeretten sine reglar om urbefolkning og minoritetar.

3. Reindriftsbasert næringsutvikling

Reindriftsforvaltninga skal medverke til utnytting og utvikling av reindrifta basert på prinsippet om ei berekraftig reindrift, under det etablering av tilleggsnæringar i samanheng med dei inntekts- og velferdspolitiske tiltaka retta mot reindrifta.

4. Tilskottsforvaltning

Reindriftsforvaltninga skal medverke til eit enklare og betre regelverk for tilskottsordningane, og betre forståinga av innhaldet i verkemidla.

5. Samhandling - informasjon

Reindriftsforvaltninga skal vidareutvikle samarbeidet med andre offentlege institusjonar, særleg i høve til miljøforvaltninga og Sametinget. Vidare er det stilt krav om nær kontakt mellom Reindriftsforvaltninga og næringa sine representantar for å opparbeide tillit og forståing for samarbeid som avgjerande grunnlag for å nå målet om ein berekraftig reindrift.

6. Internadministrasjon

Reindriftsforvaltninga skal vere omstillingsdyktig og føremålseffektiv, og ha eit kostnadseffektivt rettleiings- og styringsapparat internt og overfor den enkelte reindriftsutøvar.

Resultatrapport 2001

1. Ressursforvaltning

Våren 2001 blei utgreiinga om høgste talet på rein for distrikta i Vest-Finnmark reinbeiteområde sendt på høyring. Utgreiinga saman med høyringa, danna grunnlaget for behandling og fastsetjing av høgste talet på rein for distrikta i Vest-Finnmark reinbeiteområde. Med bakgrunn i dei store konsekvensane forslaget hadde for distrikta og den enkelte reindriftsutøvar, var saka oppe til behandling og drøfting i Reindriftsstyret tre gonger. I januar 2002 fastsette Reindriftsstyret høgste talet på rein til 63 700 for Vest-Finnmark reinbeiteområde. Arbeidet med denne prosessen har vore krevjande både ressursmessig og i tid.

For Vest-Finnmark reinbeiteområde er det i løpet av hausten 2001 og tidleg vinteren 2002, gjennomført omfattande offentlege teljingar av rein. Resultatet av teljingane dannar eit viktig statusgrunnlag for arbeidet vidare med gjennomføring av vedtaket om høgste talet på rein.

Behandlinga av søknader om rovdyrerstatning har vore svært arbeidskrevjande grunna store rovdyrtap. Tapa er i enkelte distrikt så store at grunnlaget for ei berekraftig reindrift er i fare. Omfanget av reineigarane sine oppgitte tap av rein til rovdyr har auka vesentleg dei siste åra. I driftsåret 2000/01 var dei oppgitte tapa 72 350 dyr, der 49 600 var kalv mens 22 750 var vaksne dyr. Av desse tapa blei 28% erstatta. Arbeidet med dei reindriftsfaglege vurderingane for rovdyrerstatningsordninga er effektivisert gjennom auka bruk av datateknologi, men er framleis arbeidskrevjande.

2. Arealforvaltning

Reindriftsforvaltninga har eit ansvar for å ivareta reindrifta sine arealinteresser i den allmenne arealforvaltninga. Ein vesentleg del av ressursane ved forvaltninga går med til denne type saker. Utfordringa er at talet på enkeltsaker er aukande.

Reindriftsforvaltninga har no ferdigstilt arbeidet med digitale arealbrukskart for alle reinbeitedistrikta i Noreg. Karta er oppgradert til SOSI nivå 3.0, slik at ein lett kan utveksle digitale data med andre etatar og institusjonar. Desse karta er særs viktige for å få synleggjort reindrifta si arealbruk og med det sikre næringa si plass i kommuneplanane. Reindriftsforvaltninga har arbeidd for å auke reindrifta sin innverknad gjennom dei verkemidla som styrer arealbruken. Ved endringar av lover og forskrifter som styrer arealbruken, har ein gitt innspel og tatt del i styrings- og referansegrupper med sikte på å fremme reindrifta sine interesser. Vidare har Reindriftsforvaltninga freista gjennom sekretariatfunksjonen for RUF å prioritere forskingssøknader som tar sikte på å dokumentere reindrifta sine arealbruksinteresser og å utvikle metodar.

3. Reindriftsbasert næringsutvikling

Frå Reindrifta sitt utviklingsfond er det overført 2 mill. kr til Samisk utviklingsfond. Midlane er nytta til binæringar knytt til reindrift.

Arbeidet for å styrkje kvinne- og familieretta tiltak kom i gang i 1999. Formålet var å fokusere spesielt på stillinga til kvinner og familiar i reindriftsnæringa og kvinna si verdi for samisk kultur. Det blei i år 2001 utarbeidd eit notat om rettsstillinga til reindriftskvinner.

4. Inntekts- og velferdspolitiske tiltak

Beiting utanfor eige beiteområde eller til feil tid er ofte konfliktskapande i reindrifta. Forvaltninga har ein del av sin verksemd knytt til slike problemstillingar. Ein ventar at arbeidet i Finnmark med beitefordeling slik at reindriftsgruppene er sikra alle årstidsbeiter, vil gi meir påregnelege driftsforhold. For Vest-Finnmark reinbeiteområde er fordelinga av fellesbeita vedtatt. Arbeidet skal følgjast opp for å sikre at det ved fordelinga ikkje er gjort feil i fordelinga av rettar. For Aust-Finnmark reinbeiteområde er saka oversendt frå områdestyret til vidare behandling.

Ordninga med konfliktførebyggjande tiltak mellom jordbruk og reindrift er administrert av SND i Troms. Forvaltninga har iverksett ulike tiltak for å hindre konfliktar og skape respekt og dialog over interessegrensene.

5. Samordning - informasjon

Gjennom kontaktmøte på fylkesplan har forvaltninga informert om reindrift både på politisk og administrativt plan. Særleg har det vore stor aktivitet innan områda arealplanlegging og rovdyrforvaltning.

I forhold til næringa er det sendt ut forskrifter både på norsk og samisk. Vidare har reindriftsagronomane heldt orienteringsmøter for utøvarane om reindriftsavtalen for 2000-2001. Dei daglege samtalane med utøvarane, enten på fjellet eller på kontora, er ein viktig arena for kommunisering av gjeldande politikk. Vidare er det utarbeidd ein minifoldar som presenterer næringa og forvaltninga på ein kort og oversiktleg måte.

Reindriftsforvaltninga har fått utarbeidd ein nasjonal strategisk plan for forsking og formidling i reindrifta for perioden 2002-2005. Planen skal gi grunnlag for målretta forsking om rein og reindrift der formålet er å skaffe kunnskap som kan medverke til at måla om ei berekraftig reindrift blir nådde.

Reindriftsforvaltninga har fått lagt ut si eiga web-side på internett. Reindriftsnytt blir utarbeidd og gitt ut av Medianorge AS etter avtale med Reindriftsforvaltninga.

6. Rettleiing og internadministrasjon

Reindriftsforvaltninga har hatt som prioritert oppgåve å auke kompetansen innanfor samisk språk og kultur. I samband med dette har to tilsette i forvaltninga gjennomført kompetansegivande opplæring. Det er framleis behov for å få meir skriftleg materiale oversett til samisk. Reindriftsforvaltninga gjer noko saksbehandling på samisk og ser til at sentrale dokument ligg føre på både samisk og norsk.

Budsjettforslag 2003

Budsjettforslaget nedanfor er delt inn i dei seks resultatområda som reindriftsforvaltninga arbeider etter.

1. Ressursforvaltning

For å tilpasse talet på rein til beiteressursen og ved det styrkje berekrafta i reindrifta i Finnmark, skal reindriftsforvaltninga prioritere arbeidet med å få fastsett øvre talet på rein for distrikta i Aust-Finnmark reinbeiteområde, samt følgje opp Reindriftsstyret sitt vedtak om øvre talet på rein for sommarbeitedistrikta i Vest-Finnmark reinbeiteområde. Vidare skal forvaltninga arbeide for å få fastsett dei endelege distriktsinndelingane/siidainndelingane, samt beitetidene for reinbeiteområda i Finnmark. Prosjektkontoret for gjennomføring av vedtaket blei etablert hausten 2002. Forvaltninga skal sjå til at arbeidet med første generasjons distriktsplaner blir fullført.

2. Arealforvaltning

Reindriftsforvaltninga skal halde fram å etablere nettverk og alliansar til andre offentlege organ og gjere disse kjent med reindrifta sitt behov for samanhengande areal, samt konsekvensane for reindrifta av ulike tiltak innanfor reinbeiteland. Vidare skal forvaltninga arbeide for å dokumentere reindrifta sin arealbruk og gjere dette kjent for kommunar og fylke.

Reindriftsforvaltninga skal vere ein aktiv pådrivar i høve til endringar av lover og forskrifter som styrer arealbruken. Vidare skal forvaltninga satse på auka kompetanse i høve til regelverket både blant eigne tilsette og blant reindriftsutøvarane.

Reindriftsforvaltninga skal arbeide for at dei digitale arealbrukskarta skal kunne gjerast tilgjengeleg på WEB.

3. Reindriftsbasert næringsutvikling

Reindriftsforvaltninga skal vere ein bidragsytar for auka verdiskaping i reindrifta. I samband med næringa sine organ og andre aktørar skal forvaltninga medverke til at dei økonomiske ressursane over reindriftsavtalen blir nytta på ein føremålstenleg måte som gir størst effekt og verdiskaping. I samband med dette skal forvaltninga arbeide for at verkemidla frå høvesvis Reindrifta sitt utviklingsfond og Verdiskapingsprogrammet for reindrift blir sett i ein samanheng slik at effekten av dei to ordningane blir størst mogleg. Vidare skal forvaltninga arbeide for å leggje til rette for ei positiv samhandling mellom reindriftsnæringa, SND og eiga forvaltning i gjennomføringa av verdiskapingsprogrammet.

Arbeidet for å styrkje kvinne- og familieretta tiltak kom i gang i 1999. Reindriftsforvaltninga skal i løpet av 2003 evaluere dette arbeidet. Ut frå den gjeldande politikken skal forvaltninga framleis arbeide aktivt med kvinne- og familieretta tiltak. Arbeidet skal integrerast i forvaltninga sin organisasjon og andre område som forvaltninga arbeidar med.

4. Tilskottsforvaltning

I 2003 skal Reindriftsforvaltninga sørgje for å føre vidare arbeidet med å legge til rette for elektroniske sjølvbetjeningsløysingar i forvaltninga, drive systemutvikling og gi innspel til forenklingar i dei økonomiske verkemidla over reindriftsavtalen. Vidare skal forvaltninga arbeide for å sikre rask og lik behandling av dei enkelte utøvarane i dei ulike reinbeiteområda. Som ein del av kontrollarbeidet skal forvaltninga halde fram å telje rein i dei ulike reinbeiteområda, og då prioritere reinbeiteområda i Finnmark. Ved større avvik mellom teljing og utøvarane si eige rapportering skal det setjast inn tiltak.

Reindriftsforvaltninga skal delta aktivt i arbeidet med å utvikle konfliktførebyggjande tiltak i høve til andre næringsinteresser. Ein må t.d. sørgje for at konfliktane blir reduserte mest mogleg gjennom vilkår og rettleiing i dei tilfella der gjerdebyggjing og bruk av motoriserte hjelpemiddel er nødvendig.

5. Samhandling - rettleiing og informasjon

Reindriftsforvaltninga må drive aktiv informasjonsverksemd om sine ansvarsområde overfor eit større publikum, og formidle informasjon om utviklinga i reindrifta og dei sentrale verdiane som reindrifta tar vare på.

Dokumentasjon av reindrifta sin arealbruk og sine rettar er avgjerande for næringa si framtid. Nettverk og alliansar til andre offentlege organ skal gjerast kjent og auke aksepten for reindrifta sitt nærvær. Vidare er det stilt krav om nær kontakt mellom næringa sine representantar og Reindriftsforvaltninga for å opparbeide tillit og forståing for samarbeid som avgjerande grunnlag for å nå målet om ei berekraftig utvikling.

Reindriftsforvaltninga skal bidra til at resten av reinbeitedistrikta utarbeider eigne distriktsplanar.

Det er viktig å sikre gode koplingar mellom forskingsmidlane og midlar til utviklingstiltak over reindriftsavtalen, jf. kap. 1137 post 50 og kap. 1151 post 51.

I samsvar med "Strategisk plan for forsking og formidling i reindrifta for perioden 2002-2005" skal forskingsinnsatsen rettes mot følgjande fem område:

  • Arealinngrep og ytre verknad

  • Beite og produksjon

  • Verdiskaping

  • Styring og organisering

  • Likestilling

6. Internadministrasjon

Reindriftsforvaltninga skal vere ei verksemd som utnyttar sine ressursar på ein effektiv måte, og som gjennom forvaltning og rådgjeving sikrar brukarane effektive tenester.

I 2001 nedsette Landbruksdepartementet ei arbeidsgruppe med oppgåve å vurdere forvaltninga med tanke på ei betre oppnåing av gjevne politiske mål innanfor fastsette økonomiske rammer. Arbeidsgruppa leverte sin rapport i juli 2001, jf. omtale i St.prp. nr. 1 (2001-2002). Reindriftsforvaltninga skal i løpet av 2003 ferdigstille arbeidet med oppfølging av arbeidsgruppa sine anbefalingar og rette innsatsen mot utvikling av personal- og lønnspolitikk, utvikling av kompetanseplan, organisasjonsutvikling, økonomistyring, leiarutvikling, einsarta forvaltning, interne driftsoppgåver samt IKT.

For å sikre ein mest mogleg lik behandling av utøvarane og betre tilgangen på opplysningar og saker som er behandla eller er under behandling, skal forvaltninga etablere eit einsarta journal- og arkivsystem.

Post 01 Driftsutgifter

Posten er auka med totalt 6,6 mill. kr høve til 2002. 0,6 mill. kr av denne auka er utgifter knytt til forskarformidlarstillinga som er overført frå kap. 1151, jf. kap. 1151 og St.prp. nr. 58 (2001-2002).

6 mill. kr av auka er til vidare drift av prosjektkontoret i Vest-Finnmark reinbeiteområde og intensivering av teljingane av rein. Bakgrunnen for denne auka ligg i at Reindriftstyret har fastsett eit øvre tal på rein for sommardistrikta i Vest-Finnmark reinbeiteområde. Vedtaket inneber at det må leggjast til rette for at fleire reindriftsutøvarar må ut av næringa. Dette vil innebere auka aktivitet i dei styrande organa. I samband med dette blei det hausten 2002 etablert eit prosjektkontor ved Reindriftsforvaltninga i Vest-Finnmark. Prosjektkontoret har ansvaret for å gjennomføre ein prosess mot kvart enkelt reinbeitedistrikt der ein på bakgrunn av drøftingar vil utarbeide tiltak som tilfredsstiller dei ulike distrikta sine behov.

Ordninga med kvinne- og familieretta tiltak i reindriftsnæringa vil bli ført vidare.

Landbruksdepartementet ber om fullmakt til å overskride løyvinga under posten med inntil 0,5 mill. kr ved forskottering av utgifter til tvangsflytting av rein, jf. forslag til vedtak III.

Post 45 Store utstyrskjøp og vedlikehald

Ein gjer framlegg om ei løyving på vel 3,1 mill. kr til vedlikehald av konvensjonsgjerda.

Post 70 Tilskott til fjellstover

Formålet med tilskottet er å halde oppe tryggleiken i veglaust terreng til m.a. reingjetarane. Ein har i dag tre statseigde fjellstover og i tillegg kontrakt med fire private om fjellstovehald. Ein foreslår ei løyving på vel 0,6 mill. kr.

Post 71 Omstillingstiltak i Indre Finnmark

Formålet med tiltaket er å redusere talet på rein og kanalisere ei oversysselsetjing over i andre yrke.

Det har vist seg svært vanskeleg å få omstillarar over 55 år i anna arbeid. For denne gruppa var det ikkje sett krav om aktiv omstilling. For å medverke til å gi denne gruppa ei verdig avslutning på arbeidslivet og for å hindre at dei tek opp att reindrifta, vil dei kunne søkje om forlenga omstillingslønn fram til den til ei kvar tid gjeldande ordinære pensjonsalder etter lovgivinga i folketrygd. Føresetnaden for å kome inn under ordninga er at vedkomande si driftseining blei avvikla. Ordninga vil bli finansiert innanfor løyvinga til omstillingstiltak.

For å dekkje behovet for omstillingslønn i 2002 gjer ein framlegg om ei løyving på vel 2,1 mill. kr.

Kap. 4147 Reindriftsforvaltninga (jf. kap. 1147)

 

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2001

Saldert budsjett 2002

Forslag 2003

01

Refusjonar m.m.

3 140

1 500

28

15

Refusjon arbeidsmarknadstiltak

86

16

Refusjon, fødselspengar/adopsjonspengar

60

18

Refusjon sjukepengar

305

Sum kap 4147

3 591

1 500

28

Post 01

Posten omfatter inntekter frå ymse refusjoner

Kap. 1148 Naturskade - erstatningar og sikring

 

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2001

Saldert budsjett 2002

Forslag 2003

70

Tilskott til sikringstiltak m.m. , kan overførast

12 214

20 016

20 356

71

Naturskade, erstatningar , overslagsløyving

77 991

41 481

70 000

Sum kap 1148

90 206

61 497

90 356

Mål og strategiar

Statens naturskadeordning gir erstatning for naturskadar som det ikkje er mogleg å forsikre seg mot gjennom ei alminneleg forsikringsordning. Statens naturskadeordning skal òg fremme sikring mot naturskadar m.a. gjennom å gi tilskott til sikringstiltak og ved samhandling med andre aktørar innanfor sikringsområdet.

Statens naturskadeordning er organisert med eit styre, ei ankenemnd og eit sekretariat. Statens landbruksforvaltning (SLF) er sekretariat for styret. SLF førebur sakene for styret og ankenemnda og gjer etterarbeidet som følgjer av vedtaka i styret og ankenemnda. SLF har òg det administrative ansvaret for ordninga.

Styret og SLF skal syte for at krav om erstatning for naturskadar og søknader om tilskott til sikringstiltak får ei rask og forsvarleg behandling. SLF skal dessutan raskt kunne setje inn ein målretta og utvida innsats når naturkatastrofar oppstår.

Budsjettforslag 2003

Post 70 Tilskott til sikringstiltak m.m.

Statens naturskadeordning skal medverke til å fremme sikring mot naturskader gjennom økonomiske tilskott til sikringstiltak og økonomisk bistand til kommunane i samband med sikringstiltak og fareregistrering. Det skal prioriterast å gi tilskott til kommunar med spesielt vanskeleg økonomi og stort sikringsbehov.

I 2003 gjer ein framlegg om ei løyving på 20 mill. kr. Ein gjer framlegg om ei tilsegnsfullmakt for 2003 på 2 mill. kr, jf. tabell 2.7 og forslag til vedtak IV. Dette vil gjere det mogleg å gi nye tilsegn for 22 mill. kr. Departementet vil i 2003 vurdere endringar i regelverket for naturskader når det gjeld forholdet mellom bruk av sikringstiltak og erstatningar.

Tilsegnsfullmakt sikringstiltak (mill.kr)

Ansvar pr. 1.1.2002

11,8

Tilsegn 2002

19,9

Sum

31,7

-(løyving 2002+overførte midlar)

31,7

Ansvar pr. 31.12.2002

0

Nye tilsegn 2003

22,0

Sum

22,0

Forslag til løyving 2003

20,0

Tilsegnsfullmakt 2003

2,0

Post 71 Naturskadeerstatningar

Løyvinga til naturskadeerstatningar er tilpassa år med gjennomsnittleg skadeomfang. Erstatningane blir utbetalt etter at skaden er utbetra. Fristen for utbetring er 3 år og dette verkar inn på den årlege utbetalinga. Styret skal gi ei rask og forsvarleg behandling av krav om erstatning som er heimla i naturskadelova. Landbruksdepartementet følgjer opp ordninga på bakgrunn av rapportar om økonomi og saksbehandling og i styringsdialogen.

Dei som blir råka av naturskade, har på visse vilkår rett til erstatning etter lova. Posten dekkjer erstatningar i samsvar med lova. I tillegg blir det dekt rettferdsvederlag, utgifter til taksering, m.a. av skader, samt nødvendige utgifter til ekstrahjelp og utvikling av IKT-system for verksemda.

Styret kan totalt gi tilsegn for inntil 2 mill. kr til forskingsprosjekt, informasjonstiltak og andre aktivitetar som medverkar til å redusere skadeverknadene av framtidige naturulykker, eller å auke effekten av dei ressursar som nyttast på naturskadeområdet.

Etter naturskadelova kan det setjast som vilkår for utbetaling av erstatning, at skaden blir utbetra på ein slik måte at faren for naturskade minkar. Dette gjeld både utbetringar på skadeobjektet og gjennomføring av mindre sikringstiltak som er knytt til skadeutbetringa. For slike sikringstiltak kan ein òg over denne posten gi tilskott på maksimalt kr 25 000 pr. sak til den skadelidne til dekning av desse meirkostnadene.

Frå og med 2002 er løyvinga på post 71 gitt som overslagsløyving og frå og med 2003 kan det ikkje overførast unytta midlar frå året før. Overføring av midlar tidlegare år har hatt samanheng med erstatningstilsegner som ikkje er innfridde. Den nye løyvingsmåten inneber at løyvinga i 2003 òg skal dekkje innfriing av uteståande tilsegner frå tidlegare år. Ut frå dette gjer ein framlegg om ei løyving på 70 mill. kr og ei tilsegnsfullmakt på 50 mill. kr, jf. tabell 2.8 og forslag til vedtak IV.

Tilsegnsfullmakt naturskadeerstatningar (mill.kr)

Ansvar pr. 1.1.2002

46,4

Tilsegn 2002

107,4

Sum

153,8

-(løyving 2002+overførte midlar)

104,3

Ansvar pr 31.12.2002

49,5

FoU-tilskott, takseringskostnader mv.

6,5

Nye tilsegn 2003

64,0

Sum

120,0

Forslag til løyving 2003

70,0

Tilsegnsfullmakt 2003

50,0

Kap. 1150 Til gjennomføring av jordbruksavtalen m.m. (jf. kap. 4150)

 

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2001

Saldert budsjett 2002

Forslag 2003

50

Fondsavsetningar , overslagsløyving

1 604 610

784 960

620 300

70

Marknadsregulering , kan overførast

210 183

222 500

246 500

73

Pristilskott , overslagsløyving

1 656 206

2 156 417

2 241 066

74

Direkte tilskott , kan overførast

6 483 739

6 873 558

6 744 385

77

Utviklingstiltak , kan overførast

233 061

359 000

363 060

78

Velferdsordningar , kan overførast

1 804 168

1 773 854

1 573 854

Sum kap 1150

11 991 967

12 170 289

11 789 165

Mål og strategiar

Kapitlet omfattar løyvingar til gjennomføring av jordbrukavtalen. Jordbrukavtalen og tilskottsordningane under han er dei viktigaste verkemidla for å følgje opp måla og retningslinene i landbrukspolitikken. For ei nærare omtale av mål og strategiar i jordbrukspolitikken for komande budsjettperiode viser ein til programkategori 15.30 og kap. 6 i St.prp. nr. 65 (2001-2002).

Som ei oppfølging av NILF sin rapport om forenkling av landbrukspolitikken (FOLA) blei det i sluttprotokollen frå jordbruksforhandlingane i 2002 lagt til grunn at Landbruksdepartementet i samråd med organisasjonane skulle arbeide fram til St.prp. nr. 1 (2002-2003) med ei teknisk omgruppering og tydeleggjering av dei økonomiske verkemidla over kap. 1150 i høve til hovudmåla for næringspolitikken i jordbruket.

Dei langsiktige måla for jordbrukspolitikken blei sist fastlagt av Stortinget i samband med behandlinga av St.meld. nr. 19 (1999-2000) Om norsk landbruk og matproduksjon. I tillegg til produksjon av helsemessig trygg mat og andre varer og tenester med bakgrunn i forbrukarane sine behov, har hovudmåla i stor grad karakter av kollektive goder for samfunnet. Landbruksdepartementet har tatt utgangspunkt i måla slik dei er formulerte i St.meld. nr. 19 (1999-2000). Inndelinga skil seg noko frå forslaget i NILF sin rapport. Målstrukturen frå St.meld. nr. 19 er skissert i figur 2.1 nedanfor.

Dei kollektive goda er avhengig av at det foregår produksjon i Noreg. Mellom anna med bakgrunn i det norske kostnadsnivået er derfor ein del av dei økonomiske verkemidla retta inn mot å sikre denne produksjonen og måten produksjonen skjer på. Mange av tilskottsordningane må ein kategorisere som horisontale fordi dei verkar inn på fleire av dei kollektive goda samstundes. Det gjeld mellom anna tilskottsordningar som skal sikre det økonomiske grunnlaget for produksjon og velferd for næringsutøvarane. I tillegg vil òg verkemiddel som ein kan kategorisere som målspesifikke òg kunne påverke andre mål.

Av både budsjettekniske omsyn og av omsyn til virkemåten til dei ulike økonomiske verkemidla, kan ein derfor ikkje sortere post for post på budsjettkapitlet i høve til hovudmåla.

Samtidig omfattar grupperinga i figur 2.2 berre dei økonomiske verkemidla over næringsavtalen med jordbruket. Grupperinga gir såleis ikkje eit samla oversyn over alle verkemidla i næringspolitikken.

Matpolitikken er omtala under kat. 15.10 og kat. 15.30 i budsjettforslaget og ligg i stor grad utanfor jordbruksavtalen. Til dømes er verkemidla for mattryggleik m.m. dels finansiert gjennom løyvingar over programkategori 15.10 i budsjettforslaget, dels ved avgifter. Det siste gjeld for kjøttkontrollen. Produksjon av trygg mat er grunnleggjande også i næringspolitikken i jordbruket, men dei spesifikke verkemidla er i stor grad av ikkje-økonomisk karakter og dei matpolitiske verkemidla ligg som nemnt utanfor avtalen.

Figur 2.1 Hovudmål og verkemidlar for næringspolitikken i jordbruket.
 Matpolitikken er omtala i kat. 15.10

Figur 2.1 Hovudmål og verkemidlar for næringspolitikken i jordbruket. Matpolitikken er omtala i kat. 15.10

Figur 2.2 Fordeling av dei økonomiske verkemidla over kap. 1150 "Til
 gjennomføring av jordbruksavtalen," fordelt etter hovudmål for jordbrukspolitikken.
 (verkemidla for mattryggleik er omtalt under kat. 15.10)

Figur 2.2 Fordeling av dei økonomiske verkemidla over kap. 1150 "Til gjennomføring av jordbruksavtalen," fordelt etter hovudmål for jordbrukspolitikken. (verkemidla for mattryggleik er omtalt under kat. 15.10)

Resultatrapport 2001

Budsjettnemnda har budsjettert med marknadsbalanse i 2002. For kjøtt er det til dels budsjettert med marknadsunderskott i 2002. Etter ein lengre periode med overproduksjon er ein nå i ferd med å oppnå balanse i mjølkemarknaden. I 2001 blei det kjøpt 55,4 mill. liter kumjølkkvote gjennom ordninga med kjøp og sal av mjølkekvoter. 34,1 mill. liter blei selt ut igjen til mjølkeprodusentar.

Den regionale fordelinga av produksjonen er i hovudtrekk som føresett. Distrikta held oppe sin del av den samla produksjonen. Det har dei siste tiåra vore ein jamn nedgang i sysselsetjinga i jordbruket. Bruk av ny teknologi og nye arbeidsmåtar er ein vesentleg årsak til dette. Talet på bruk i drift har òg gått jamt ned.

For ein detaljert statusrapport pr. 2001 for jordbrukspolitikken viser ein til kap. 3 i St.prp. nr. 65 (2001-2002).

Jordbruksoppgjeret 2002

Ved jordbruksoppgjeret i 2002 kom Staten og Noregs Bondelag 16.5.02 fram til ei forhandlingsløysing for ein jordbruksavtale med verknad frå 1.7.02. Norsk Bonde- og Småbrukarlag braut forhandlingane samme dag. Avtalen har ei auka varig ramme på 340 mill. kr. Avtalen inneber ein reduksjon i løyvingane over statsbudsjettet (kap. 1150) på 135 mill. kr. Avtaleprisane blir auka med 475 mill. kr. I tillegg vil eingongsbeløp av frie midlar på 40 mill. kr bli disponert over avtalen i 2002 og 2003, og det vil bli omdisponert 70 mill. kr innanfor Landbrukets Utviklingsfond.

Jordbruksavtalen for avtaleåret 2002-2003 legg til grunn føresetnadene om dei økonomiske rammevilkåra og fordelingsprofilen for jordbruket i Innst. S. nr. 167 (1999-2000) og Sem-erklæringa. Ein større del av midlane blir kanaliserte mot bruk der jordbruksproduksjonen er viktig for inntekt og sysselsetting. Den geografiske differensieringa blir halden oppe.

Avtalen inneber ein del forenklingar. Det blir innført eit generelt kulturlandskapstilskott på 200 kr pr. dekar, og talet på tilskottssatsar blir redusert. Regelverket for tilskott til innmarksbeite blir endra. Tiltaksfondet for småfe og fjørfe blir avvikla. Erstatningsordningane blir samordna i det nye Landbrukets Skadefond.

Det blir innført ei rentestøtteordning innanfor Landbrukets Utviklingsfond, og ordninga med investeringslån blir avvikla. Ramma for tilskott til økologisk landbruk blir ført vidare. Det blir krav om miljøplan på gardsbruk frå 2003.

Importvernet er ikkje forhandlingstema i jordbruksoppgjeret. Ramma for jordbruksavtalen 2002-2003, og fordelinga av ho, er utforma innanfor WTO-pliktene våre.

Fase II-drøftingane blei avslutta 26.6.2002. Sluttprotokollen frå fase II følgjer proposisjonen som trykt vedlegg.

Jordbruksoppgjeret og endringane i statsbudsjettet for 2002 er lagt fram for Stortinget i St.prp. nr. 65 (2001-2002).

Budsjettframlegg 2003

Budsjettforslaget for 2003 inneber at løyvinga på kap. 1150 blir redusert med om lag 381 mill. kr i høve til saldert budsjett 2002, frå 12,170 mrd. kr til 11,789 mrd. kr. Reduksjonen på 381 mill. kr er ein følgje av reduksjonen på 135 mill. kr i jordbruksavtalen for 2002-2003 i høve til avtalen for perioden før, kvantumsjusteringar på 46 mill. kr og framskunding av utbetalingar frå 2003 til 2002 på 200 mill. kr, jf. omtale under underpost 50.12 og 78.11,. Inntektene på kap. 4150 er uendra på 122 mill. kr.

Merknader til dei einskilde postane

Post 50 Fondsavsetningar, overslagsløyving
 

(i 1 000 kr)

Underpost

Nemning

Rekneskap 2001

Saldert budsjett 2002

Forslag 2003

50.11

Tilskott til LUF

754 000

736 000

619 550

50.12

Tilskott til Landbrukets Skadefond

13 950

12 900

750

50.13

Tilskott til Tiltaksfondet for småfe og fjørfe m.m.

38 060

36 060

50.14

Tilskott til kornfondet

798 600

Sum post 50

1 604 610

784 960

620 300

Underpost 50.11 Tilskott til Landbrukets Utviklingsfond (LUF)

Etter LUF sine vedtekter kan fondsmidlane nyttast til tiltak som tar sikte på å styrkje og byggje ut næringsgrunnlaget på det einskilde bruket. Utgifter til administrasjon av LUF blir dekt over fondet.

LUF hadde pr 31.12.2001 ein kapital på 2 545 mill. kr. Av kapitalen var 1 018 mill. kr inneståande i statskassa og 1 527 mill. kr var lånt ut. For detaljar kring LUF blir det vist til St.prp. nr. 65 (2001-2002).

Tabell 2.9 viser forslaget til fordeling av innvilgingsramma frå fondet i 2003 slik det blei vedteke i jordbruksoppgjeret i 2002, jf. St.prp. nr. 65 (2001-2002).

Det blei ved jordbruksoppgjeret 2002 vedteke å avvikle ordninga med rentefrie investeringslån frå og med 2003. Frå same tid blei det innført ei rentestøtteordning under BU-ordninga, jf. St.prp. nr. 65 (2001-2002).

Oversikt over LUF (mill. kr)

Nemning

Fordeling 2001

Budsjett 2002

Framlegg 2003

Verdiskapingsprogrammet for matproduksjon

50,0

90,0

95,0

Konkurransestrategiar for norsk mat (jf. tab. 2.12)

69,0

60,0

50,0

Kompetansetiltak

5,0

8,0

8,0

BU: sentrale (SND)

30,0

35,0

39,0

BU: Fylkesvise (SND + FMLA)

535,0

518,0

286,0

Rentestøtte

12,5

Miljøtiltak

143,5

142,0

139,0

Organisert beitebruk1)

14,55

Skogbruk og bioenergi

153,0

158,0

158,0

Overføring til SUF

2,0

2,0

2,0

Sum løyvingsramme

987,0

1 013,0

804,05

1) Overført frå post 50.13 Tilskott til Tiltaksfondet for småfe og fjørfe m.m

Verdiskapingsprogrammet for norsk matproduksjon blei starta opp i januar 2001. Det overordna målet for verdiskapingsprogrammet er høgare verdiskaping gjennom å stimulere til auka utnytting av marknadsmogelegheitene både innan primærproduksjon og foredling. Ramma for verdiskapingsprogrammet blir auka med 5 mill. kr til 95 mill. kr i 2003.

Konkurransestrategiane for norsk mat er frå 2001 ein del av verdiskapingsprogrammet for norsk matproduksjon. Midlane er foreslått fordelt som vist i tabell 2.10.

Konkurransestrategiar for norsk mat (mill. kr)

Tiltak

Saldert budsjett 2002

Framlegg 2003

Kvalitetssystemet i landbruket

22,0

22,5

Produkt- og bedriftsutvikling/SPIN

9,0

9,0

Matmerk

18,0

16,0

Eksportprogram (flytta til VSP mat fom. 2003)

8,0

-

Offentlege strategiar/Fellesutgifer/informasjon

3,0

2,5

SUM

60,0

50,0

Formålet med BU-midlane til utviklingstiltak er å etablere ny lønnsam næringsverksemd i og knytt til landbruket. Hovudmålgruppa er personar knytt til gardsbruk. Det kan gis støtte til småskalaprega tiltak som fører til auka verdiskaping frå landbruket og verksemd knytt til landbruket. Ramma for utviklingstiltak skal såleis nyttast m.a. til utgreiings- og tilretteleggingstiltak, etablerartiltak, bedriftsutvikling og investeringar utanom tradisjonelt jord-, hage- og skogbruk (tilleggsnæringar). Det skal leggjast særleg vekt på å fremme samarbeidstiltak og tiltak som gir arbeidsplassar for kvinner og ungdom. Departementet legg derfor vekt på å styrkje innsatsen i næringsutviklingsarbeidet retta mot desse gruppene.

Dei sentrale BU-midlane er i stor grad øyremerkte gjennom jordbruksoppgjeret, jf. St.prp. nr. 65 (2001-2002). Ein viser til post 77 for ei omtale av dei statlege løyvingane til planteforedling og verksemda i selskapet Graminor AS.

Tilskott til investeringar i tradisjonelt jord- og hagebruk innanfor BU-ordninga er eit viktig infrastrukturtiltak med omsyn til dei nye utfordringane som landbruket møter i ein meir konkurranseutsett situasjon. Støtte til bygging av driftsbygningar m.m., kjøp av landbruksareal og etableringstilskott er sentrale element i ordninga. Ordninga skal òg medverke til omstilling i husdyrproduksjonane, m.a. for å møte krava som er fastsette i dei nye husdyrforskriftene.

Dei fylkesvise BU-midlane til utgreiing og tilrettelegging må knyttast opp til ei regional utvikling på nasjonale satsingsområde, til dømes økologisk landbruk, verdiskaping i utmark, arbeid med verdiskapingsprogramma, praktikantordninga, lokal mobilisering osv. Dei bedriftsretta BU-midlane blir framleis forvalta av Statens nærings- og distriktsutviklingsfond (SND). Av den samla ramma for fylkesvise BU-midlar øyremerkast ei ramme til utvikling og tilrettelegging på 55 mill. kr i 2003. Rammen blir forvalta av fylkesmannen.

Formålet med dei spesielle miljøtiltaka er å ta vare på kulturlandskaps- og bygningsressursar og å hindre erosjon, arealavrenning og forureining frå jordbruket. Ordninga omfattar òg midlar til heilskaplege fellestiltak i større område, informasjonsarbeid, tilstandsovervaking og resultatkontroll. Midlar til forsking innanfor kulturlandskap på 3 mill. kr er overført til underpost 77.13 frå 2003.

Formålet med tilskottet til organisert beitebruk er å leggje tilhøva til rette for best mogleg utnytting av beite i utmark og redusere tap av dyr på utmarksbeite gjennom organisert tilsyn, organisert sanking og andre målretta fellestiltak i beiteområde. Frå 2003 er ordningane med tilskott til beitelag, tilskott til investeringar og tilskott til ekstraordinære tiltak overført frå Tiltaksfondet for småfe og fjørfe til Landbrukets Utviklingsfond. Det er i samband med dette overført 14,55 mill. kr frå underpost 50.13 til underpost 50.11.

Avsetninga til skogbruk omfattar tilskott til skogbruksplanlegging, drift i område med vanskelege driftstilhøve, tilskott til å ta vare på viktige miljøkvalitetar, kurs, opplæring, tiltak for auka skogkultursatsing, organisering av virkesomsetning på Vestlandet og i Nord-Noreg, skogsvegar og nokre meir kortsiktige tiltak.

Overføringa til Samisk utviklingsfond (SUF) for å betre rammevilkåra for næringskombinasjonar i samiske område blir ført vidare med 2 mill. kr.

Ein gjer framlegg om ei løyving til LUF på 619,55 mill. kr i 2003.

Underpost 50.12 Tilskott til Landbrukets Skadefond

Katastrofefondet får eit utvida verkeområde og nytt namn: Landbrukets Skadefond frå 1.1.03.

Formålet med fondet er å gi økonomisk erstatning til foretak i jordbruket som har lidd tap som kjem av tilhøve som foretaket ikkje rår over. Fondet omfattar følgjande ordningar:

  • erstatning for avlingssvikt og svikt i honningproduksjon,

  • tilskott etter vinterskadar på eng,

  • erstatning etter offentlege pålegg som ein følgje av planteskadegjerarar

  • erstatning for frivillig nedslakting av sau i samband med sjukdommane scrapie og mædi

  • tilskott til tiltak mot radioaktivitet.

Fondskapitalen frå Tiltaksfondet på om lag 12 mill. kr vil bli overført til Skadefondet i 2003 når rekneskapen i Tiltaksfondet er gjort opp.

Ein legg opp til ei anna fordeling av løyvinga mellom år enn det som blei føresett i St.prp. nr. 65 (2002-2003). Ein gjer framlegg om ei løyving på 0,75 mill. kr i 2003. Det vil i samband med nysalderinga av statsbudsjettet for 2002 bli gjort framlegg om ei auke av løyvinga med 20 mill. kr slik at føresetnadene i jordbruksavtalen for 2002-2003 blir følgd opp.

Ordninga med tilskott til tiltak mot radioaktivitet er overført til underposten frå 2003, og det er i samband med dette overført 10 mill. kr frå underpost 74.19. Ordninga med erstatning for frivillig nedslakting av sau i samband med sjukdommane scrapie og mædi er overført frå Tiltaksfondet med ei løyving på 0,75 mill. kr.

Underpost 50.13 Tilskott til Tiltaksfondet for småfe og fjørfe m.m.

Fondet blir avvikla frå 1.1.2003. Løyvinga blir overført til andre ordningar innanfor jordbruksavtalen, og 0,2 mill. kr blir overført til kap. 1143 post 01. Ein gjer derfor ikkje framlegg om løyving på underposten i 2003.

Overføringar frå tiltaksfondet

Kap/post

Beløp

1150/50.11

14 550 000

1150/50.12

750 000

1143/01

200 000

1150/77.11

14 560 000

1150/77.13

4 000 000

Underpost 50.14 Tilskott til Kornfondet, overslagsløyving

I samband med at marknadsordninga for korn blei lagt om frå 1.7.2001 blei Kornfondet avvikla frå 1.1.2002. Derfor gjer ein ikkje framlegg om løyving på underposten i 2003. Ordningane under posten er overført til post 73 Pristilskott på kap. 1150, jf. omtale under post 73.

Post 70 Marknadsregulering, kan overførast
 

(i 1 000 kr)

Underpost

Nemning

Rekneskap 2001

Saldert budsjett 2002

Forslag 2003

70.11

Marknadstiltak

66 635

48 400

48 400

70.12

Tilskott til råvareprisordninga

117 460

148 100

173 100

70.13

Eksportrestitusjon

18 249

26 000

25 000

70.15

Radioaktivitet

7 839

Sum post 70

210 183

222 500

246 500

Underpost 70.11 Marknadstiltak

Formålet med marknadstiltaka er å medverke til at ein kan nå målprisane for dei ulike jordbruksprodukta, og jamne ut produsentpris og pris til forbrukarar over heile landet, skape avsetjing for produsert vare og medverke til å sikre forsyningar i alle forbruksområde. Kostnadene ved marknadsregulering blir dekte av løyvinga til marknadstiltak over jordbruksavtalen og gjennom omsetningsavgifta.

Prisnedskriving for potetsprit, kollektiv dekning av omsetningsavgift for grønsaker, frukt og jordbær, skolemjølkordninga, avsetningstiltak i hagebrukssektoren, tilskott til produsentsamanslutningar og kadaverhandtering blir finansiert over underposten.

Ein gjer framlegg om ei løyving på 48,4 mill. kr i 2003.

Underpost 70.12 Tilskott til råvareprisordninga

Formålet med råvareprisordninga (RÅK-ordninga) er å jamne ut skilnader i råvarekostnader mellom norske og utanlandske ferdigvarer som blir omsette i Noreg, og å gjere norske eksportprodukt under ordninga konkurransedyktige på verdsmarknaden.

Ein gjer framlegg om ei løyving på 173,1 mill. kr til RÅK-ordninga i 2003. Av dette blir det sett av 136,7 mill. kr til prisnedskriving og 36,4 mill. kr til eksportrestitusjon.

Underpost 70.13 Eksportrestitusjon

Underposten omfattar ordninga med eksportrestitusjon til foredla kjøttprodukt (XRK-ordninga) og Catering-ordninga. Formålet med XRK-ordninga er å gjere det mogleg for norsk næringsmiddelindustri å levere foredla kjøttvarer til eksportmarknader. Formålet med Cateringordninga er at norske cateringselskap som leverer menyar til fly i utanriksfart, skal kunne konkurrere med utanlandske selskap når dei nyttar norsk råvare.

Ein gjer framlegg om ei løyving på 25 mill. kr i 2003.

Post 73 Pristilskott, overslagsløyving
 

(i 1 000 kr)

Underpost

Nemning

Rekneskap 2001

Saldert budsjett 2002

Forslag 2003

73.11

Tilskott til norsk ull

126 690

167 840

165 696

73.13

Pristilskott, mjølk

484 859

534 286

451 500

73.15

Pristilskott, kjøtt

908 959

864 461

780 800

73.16

Distriktstilskott egg

2 983

4 960

4 800

73.17

Distrikts- og kvalitetstilskott, frukt, bær, grønsaker og potet

43 198

54 770

54 770

73.18

Frakttilskott

89 517

229 700

237 300

73.19

Prisnedskriving korn

434 400

432 900

73.20

Tilskott matkorn

166 000

113 300

73.21

Ufordelt beløp

-300 000

Sum post 73

1 656 206

2 156 417

2 241 066

Posten er ei overslagsløyving. Budsjettforslaget er utrekna på grunnlag av prognosar for kvantum i 2003 (ull, mjølk, kjøtt og korn) og prisar/satsar for avtaleperioden 2002/2003.

Underpost 73.11 Tilskott til norsk ull

Tilskottet skal medverke til å nå måla for inntekts- og produksjonsutvikling i sauehaldet som ikkje i tilstrekkeleg grad kan sikrast gjennom marknadspris og andre tilskott. Tilskottet skal òg medverke til ei betring av kvaliteten på norsk ull, samt sikre avsetning i marknaden for norsk ull av god kvalitet.

Ein gjer framlegg om ei løyving på 165,7 mill. kr for 2003.

Underpost 73.13 Pristilskott mjølk

Løyvinga omfattar ordningane med grunntilskott og distriktstilskott for mjølk og mjølkeprodukt og tilskott til små konsummjølkmeieri.

Formålet med grunntilskottet er å medverke til å nå måla for inntekts- og produksjonsutvikling i mjølkeproduksjonen som ikkje i tilstrekkeleg grad kan sikrast gjennom marknadspris og andre tilskott. Grunntilskottet skal vidare medverke til rimelegare mjølk og mjølkeprodukt til forbrukaren. Satsar for grunntilskott er 0 for kumjølk og 184 øre pr. liter for geitemjølk.

Formålet med distriktstilskottet er å medverke til ei inntekts- og produksjonsutvikling i mjølkeproduksjonen som medverkar til å oppretthalde busetjing og sysselsetjing i distrikta gjennom å jamne ut skilnader i lønnsemda i produksjonen. Distriktstilskottet blir gitt med ulike satsar for mjølk produsert i vanskelegstilte område i Sør-Noreg og for all mjølk i Nord-Noreg. Satsane for distriktstilskott varierer frå 0 til 168 øre pr. liter.

Formålet med tilskott til små konsummjølkmeieri er å lage rammevilkår som gir eit reelt grunnlag for konkurranse i denne sektoren. Ordninga er førebels og gjeld berre for allereie etablerte meieri med eigne leverandørar. Satsane er 75 øre pr. liter behandla mjølk inntil 5 mill. liter og 80 øre pr. liter mellom 5 og 10 mill. liter.

Ein gjer framlegg om ei løyving på 451,5 mill. kr til ordninga med pristilskott til mjølk for 2003. Av dette utgjer grunntilskottet 36,3 mill. kr, distriktstilskottet utgjer 403,2 mill. kr og tilskottet til små konsummjølkmeieri utgjer 12 mill. kr.

Underpost 73.15 Pristilskott kjøtt

Underposten omfattar ordningane med grunntilskott og distriktstilskott for kjøtt samt distriktstilskott for fjørfeslakt.

Formålet med grunntilskottet er å medverke til å nå måla for inntekts- og produksjonsutvikling i kjøttproduksjonen som ikkje i tilstrekkeleg grad kan sikrast gjennom marknadspris. Grunntilskottet skal vidare medverke til rimelegare kjøtt og foredla kjøttprodukt til forbrukaren. Grunntilskottet for kjøtt blir gitt til slakt av storfe, kalv, sau/lam og geit/kje. Det blir ikkje gitt grunntilskott til slakt av svin og fjørfe.

Formålet med distriktstilskotta er å medverke til ei inntekts- og produksjonsutvikling i kjøttproduksjonen som medverkar til å oppretthalde busetjing og sysselsetjing i distrikta gjennom å jamne ut skilnader i lønnsemda i produksjonen. Satsen for distriktstilskott for kylling og kalkun i Sogn og Fjordane, Møre og Romsdal og Trøndelag er på 20 øre pr. kg. Satsane for distriktstilskottet på anna kjøtt varierer frå 0 til 13 kr pr. kg.

Ein gjer framlegg om ei løyving på 780,8 mill. kr til ordninga med pristilskott til kjøtt for 2003. Av dette utgjer grunntilskottet 251 mill. kr, medan 529,8 mill. kr er distriktstilskott.

Underpost 73.16 Distriktstilskott egg

Formålet med ordninga er å medverke til ei inntekts- og produksjonsutvikling i eggproduksjonen som medverkar til å oppretthalde busetjing og sysselsetjing i distrikta gjennom å jamne ut skilnader i lønsemda i produksjonen. Satsen for distriktstilskott for egg er 40 øre pr. kg og gjeld for Vestlandet (unntatt Rogaland), Trøndelag og Nord-Noreg.

Ein gjer framlegg om ei løyving på 4,8 mill. kr til ordninga i 2003.

Underpost 73.17 Distrikts- og kvalitetstilskott, frukt, bær, grønsaker og potet

Underposten omfattar distrikts- og kvalitetstilskott til frukt, bær og veksthusgrønsaker, og distriktstilskott for potetproduksjon i Nord-Noreg.

Formålet med ordningane er å betre inntekta for yrkesprodusentane innan grøntsektoren og sikre ein geografisk spreidd produksjon. Tilskottet skal stimulere til kvalitetsproduksjon og ordna omsetningsforhold.

Ein gjer framlegg om ei løyving på 54,77 mill. kr til ordninga med distrikts- og kvalitetstilskott for frukt, bær, grønsaker og potet i 2003.

Underpost 73.18 Frakttilskott

Underposten omfattar frakttilskott til slakt, egg, korn, kraftfôrråvarer og kraftfôr.

Frakttilskotta skal medverke til å jamne ut prisar til produsent og forbrukar.

Ein gjer framlegg om ei løyving på 237,3 mill. kr til frakttilskott for 2003.

Underpost 73.19 Prisnedskrivingstilskott til norsk korn

Formålet med prisnedskrivingstilskottet er å sikre avsetning av norsk korn gjennom marknadsordninga og å skrive ned prisen på råvarer til matmjøl og kraftfôr.

Ein gjer framlegg om ei løyving på 432,9 mill. kr for 2003.

Underpost 73.20 Tilskott til matkorn

Formålet med tilskottet til matkorn er å skrive ned prisen på matkorn.

Ein gjer framlegg om ei løyving på 113,3 mill. kr for 2003.

Post 74 Direkte tilskott, kan overførast
 

(i 1 000 kr)

Underpost

Nemning

Rekneskap 2001

Saldert budsjett 2002

Forslag 2003

74.11

Driftstilskott, mjølkeproduksjon

1 175 588

1 334 600

1 243 500

74.14

Tilskott til husdyr

2 220 963

2 263 757

2 271 025

74.17

Areal- og kulturlandskapstilskott

3 076 909

3 042 301

2 991 959

74.18

Andre arealbaserte tilskottsordninger

10 279

222 900

237 901

74.19

Tilskott til tiltak mot radioaktivitet

10 000

Sum post 74

6 483 739

6 873 558

6 744 385

For nærare oversyn over satsar for dei ulike ordningane viser departementet til St.prp. nr. 65 (2001-2002).

Underpost 74.11 Driftstilskott, mjølkeproduksjon og kjøttfeproduksjon

Formålet med driftstilskottet i mjølkeproduksjonen er å medverke til ei inntekts- og produksjonsutvikling i mjølkeproduksjonen som medverkar til å jamne ut skilnader i lønnsemd mellom bruk av ulik storleik generelt og mellom bruk i Sør-Noreg og Nord-Noreg. Formålet med driftstilskottet i spesialisert kjøttfeproduksjon er å medverke til ei inntekts- og produksjonsutvikling i produksjonen som medverkar til å jamne ut skilnader i lønnsemd mellom bruk av ulik storleik.

Ein gjer framlegg om ei løyving på 1 243,5 mill. kr for 2003. Av dette utgjer tilskottet til spesialisert kjøttfeproduksjon 31 mill. kr.

Underpost 74.14 Tilskott til husdyr

Tilskottet skal medverke til å styrkje og jamne ut inntektene mellom ulike produksjonar og storleiker på bruk i husdyrhaldet.

Tilskottet blir gitt pr. dyr, og blir avgrensa oppover med ei beløpsgrense. Denne grensa blei auka frå kr 125 000 til kr 140 000 pr. føretak ved jordbruksoppgjeret 2002, jf. St. prp. nr. 65 (2001-2002).

Det er overført 0,25 mill. kr til kap. 1143 post 01 for å dekke kostnader med individregisteret i samband med forvaltninga av tilskott til husdyr.

Ein gjer framlegg om ei løyving på om lag 2,27 mrd. kr i 2003.

Underpost 74.17 Areal- og kulturlandskapstilskott

I samband med jordbruksoppgjeret 2002 blei det innført eit særskilt kulturlandskapstilskott med same tilskottssats for alt tilskottsberettiga jordbruksareal. Kulturlandskapstilskottet med flat sats på 200 kr. pr. dekar skal medverke til å skjøtte, vedlikehalde og utvikle kulturlandskapet gjennom aktiv drift, og til å oppretthalde jordbruksareal i drift i samsvar med gjeldande landbrukspolitiske mål. Arealtilskotta til grovfôr, korn, potet, frukt, bær og grønsaker skal medverke til å styrkje og jamne ut inntektene mellom ulike produksjonar, storleiker på bruk og distrikt innanfor planteproduksjon og husdyrproduksjon basert på grovfôr.

Ein gjer framlegg om ei løyving på om lag 2,99 mrd. kr for 2003.

Underpost 74.18 Andre arealbaserte tilskottsordningar

Underposten omfattar ordningane tilskott til dyrking av fôr i fjellet, tilskott til endra jordarbeiding, tilskott til brattlendte bruk og tilskott til seterdrift med mjølkeproduksjon.

Formålet med tilskottet til dyrking av fôr i fjellet er å kompensere for auka arbeids- og transportkostnader i samband med dyrking av fôr i fjellet. Tilskottet til endra jordarbeiding har som mål å redusere omfanget av jordarbeiding om hausten og stimulere til å så til med vegetasjon for å redusere erosjon og arealavrenning. Formålet med driftsvansketilskottet for brattlendte bruk er å kompensere for høgare kostnader ved jordbruksdrift i bratt terreng. Formålet med tilskottet til seterdrift med mjølkeproduksjon er å medverke til å oppretthalde og ta opp att tradisjonell seterdrift med mjølkeproduksjon og å halde ved like det tradisjonelle kulturlandskapet i seterområder gjennom beiting med husdyr.

Ein gjer framlegg om ei løyving på 237,9 mill. kr for 2003.

Underpost 74.19 Tilskott til tiltak mot radioaktivitet

Tiltaka går ut på å berge radioaktivt kjøtt slik at det kan nyttast til humant konsum. Dette inneber blant anna nedfôring og kjøp av Berlinerblått.

Tilskott til tiltak mot radioaktivitet blir overført til underpost 50.12 Landbrukets skadefond frå 2003. Ein gjer derfor ikkje framlegg om løyving på underpost 74.19 i 2003.

Post 77 Utviklingstiltak, kan overførast
 

(i 1 000 kr)

Underpost

Nemning

Rekneskap 2001

Saldert budsjett 2002

Forslag 2003

77.11

Tilskott til dyreavl m.m.

66 653

69 800

82 860

77.12

Tilskott til planteavl m.m.

6 911

7 000

7 000

77.13

Tilskott til forsøksringar og forsking

60 435

59 700

73 100

77.14

Tilskott til pelsdyrfôrlag

34 892

36 200

33 200

77.15

Tilskott til kvalitetstiltak

65 650

57 700

51 300

77.16

Tilskott til økologisk jordbruk

51 036

100 500

107 500

77.17

Tilskott til fruktlager

8 100

8 100

8 100

77.18

Oppkjøp av mjølkekvoter

-60 616

20 000

Sum post 77

233 061

359 000

363 060

Foredling og oppformering innanfor plantesektoren

Posten omfattar deler av dei statlege løyvingane som nyttast til sortsforedling og oppformering m.v. i plantesektoren. Underpost 50.11 Landbrukets utviklingsfond inneheld og løyvingar til dette arbeidet. Ein del av løyvingane er dessutan budsjettert på kap. 1112 post 51.

Eit utval har i 2001 på oppdrag frå Landbruksdepartementet gjennomført ei utgreiing av den samla aktiviteten i jordbruket når det gjeld sortsforedling og oppformering av sjukdomsfritt plantemateriale m.m. På grunnlag av utgreiinga blei Norsk Kornforedling AS omdanna til Graminor AS, jf. kap. 5651 post 80. Graminor AS er frå 2003 eit sentralt selskap i verksemda innanfor planteforedling m.m.

Departementet legg til grunn at omstillinga av verksemda innanfor planteforedling m.m. blir gjennomført i fleire trinn. Graminor AS er frå hausten 2002 eigar og brukar av ei rekke sortar. Selskapet forpaktar sortsrettane til staten og utanlandske foredlarar. Graminor AS har kjøpt alle staten sine forsøkslinjer som er i prøving. Frå 2002 skal selskapet krevje inn royalties knytt til alle sortane basert på ei meir marknadsretta prising. I 1. halvår 2003 blir statlege løyvingar til planteforedling m.m. tildelt som før, men slik at Graminor AS i praksis skal leggje premissane for bruken av dei statlege midlane til foredlingsarbeid. På lengre sikt tek ein sikte på at Graminor AS skal tilby prosjekt innanfor den samla verksemda med planteforedling. Departementet tek sikte på ei omlegging frå 1.7.2003 slik at staten kan gi tilskott til prosjekt. Ein tek sikte på å kome attende til Stortinget med nødvendige budsjettendringar i proposisjonen om jordbruksoppgjeret i 2003.

Underpost 77.11 Tilskott til dyreavl m.m.

Løyvinga skal medverke til at kostnadene med inseminering av ku og svin kan haldast på same nivå i heile landet. Løyvinga skal òg medverke til å jamne ut kostnadene mellom husdyrbrukarar som nyttar veterinærtenester.

Frå 1.1.2003 er ordningar med tilskott til avlsorganisasjonar overført frå underpost 50.13 til underpost 77.11 i samband med at tiltaksfondet for småfe og fjørfe blir avvikla.

Ein gjer framlegg om ei løyving på 82,86 mill. kr for 2003.

Underpost 77.12 Tilskott til planteavl m.m.

Formålet med tilskottet er å fremje dyrking og frøforsyning av gras, belgvekstar, rotvekstar og grønsaker med klimatilpassa sortar. Det kan nyttast tre ulike typar tilskott under ordninga; pristilskott, arealtilskott og lagringstilskott.

Ein gjer framlegg om ei løyving på 7 mill. kr for 2003.

Underpost 77.13 Tilskott til forsøksringar og forsking

Underposten skal dekkje tilskott til forsøksringar og midlar til forsking over jordbruksavtalen. Tilskottsordninga skal medverke til kunnskapsoppbygging hos bøndene ved å leggje eit økonomisk grunnlag for drift i forsøksringane, slik at desse ved hjelp av tilskottet og eigenfinansiering kan drive rådgjeving som er lønnsam for medlemmane. Arbeidet i forsøksringane er viktig for medlemmane og for heile landbruksnæringa. Endringar i rammevilkåra for landbruket og marknadssituasjonen krev ikkje berre næringspolitiske tilpassingar, men òg produksjonsmessige og faglege tilpassingar. Midlane over jordbruksavtalen er med på å sikre likeverdig rådgjevingstilbod over heile landet.

Frå 2003 er det overført 0,4 mill. kr frå underpost 77.15 til forsøksringane.

Forskingsmidlane blir forvalta av eit eige styre. Det er etablert eit nært samarbeid med Noregs forskingsråd.

Frå 1.1.2003 er det til underposten overført 8 mill. kr frå underpost 77.16 til forsking innanfor økologisk landbruk, 3 mill. kr frå underpost 50.11 til kulturlandskapsforsking, 3 mill. kr frå underpost 77.15 til forskingsprogram innanfor handlingsplan for plantevernmidlar og 4 mill. kr i FoU-midlar som tidlegare blei budsjettert på Tiltaksfondet for småfe og fjørfe.

Ein gjer framlegg om ei løyving på 73,1 mill. kr for 2003. Tilskottet til forsøksringane utgjer 35,1 mill. kr og ramma for forsking er 38 mill. kr.

Underpost 77.14 Tilskott til pelsdyrfôr

Underposten omfattar tilskott til pelsdyrfôrlag og tilskott til pelsdyrfôr (fôrrefusjon). Formålet med tilskott til pelsdyrfôrlag er å medverke til utjamning av fraktkostnadene ved innfrakt av råstoff og utfrakt av ferdig fôr frå fôrkjøkken for produksjon av pelsdyrfôr i Noreg. Ordninga skal fremme ei rasjonell omsetning av fôr til pelsdyr.

Tilskott til pelsdyrfôr er ein refusjon av fôrkostnader. Ordninga skal medverke til at norsk pelsdyrnæring er konkurransedyktig på verdsmarknaden. Refusjonsordninga skal medverke til at fôrkostnadene i næringa, som følgje av det høge prisnivået på korn og kraftfôr i Noreg, blir likestilt med fôrkostnadene på verdsmarknaden.

Departementet gjer framlegg om ei løyving på 33,2 mill. kr på underposten. Tilskottet til pelsdyrfôrlag utgjer 21,8 mill. kr og tilskottet til pelsdyrfôr utgjer 11,4 mill. kr.

Underpost 77.15 Tilskott til kvalitetstiltak

Underposten inneheld fleire ordningar som skal medverke til å gjere norske jordbruksprodukt meir konkurransedyktige på heimemarknaden og på eksportmarknadene.

Framlegget til løyving til kvalitets- og salsfremjande tiltak for 2003 er på 51,3 mill. kr.

Formålet med framavlsarbeidet og det offentlege engasjementet i dette er å skaffe norsk hagebruk plantemateriale som er kontrollert for bestemte skadegjerarar og med definerte eigenskapar tilpassa norske forhold. Formålet med å gi tilskott til statskontrollert settepotetavl er å stimulere til auka bruk av settepoteter av høg kvalitet gjennom den statskontrollerte settepotetavlen. Formålet med tilskottet til opplysningsarbeidet om frukt og grønsaker er å stimulere til auka totalforbruk av frukt, bær og grønsaker. Bruk av midlar over jordbruksavtalen og frå omsetningsavgift skal styrkje omsetning og forbruk av norske produkt. For å fremme omsetninga av norskproduserte poteter kan det gis tilskott til tiltak for å betre potetkvaliteten og til produsentretta informasjon om marknadstilhøva.

Det er sett av 1 mill. kr til foredlingsarbeid i kornsektoren.

Frå 2003 blir ordninga med produsentretta rådgjeving i potetsektoren avvikla, og det blir overført 0,4 mill. kr til forsøksringane på underpost 77.13. Frå 2003 blir det òg overført 3 mill. kr til forskingsprogram innanfor handlingsplanen for plantevernmidlar til underpost 77.13.

Underpost 77.16 Tilskott til økologisk jordbruk

Underposten dekkjer m.a. ordningane omleggings- og arealtilskott, husdyrtilskott, tilskott til regional forankring, rettleiing og informasjon, tilskott til organisasjonar, marknadsstrategiar og kontroll.

Ein viser til nærare omtale av økologisk landbruk i kap. 7.5 i St.prp. nr. 65 (2001-2002). Det er overført 8 mill. kr til forsking innanfor økologisk jordbruk til underpost 77.13. Ein gjer framlegg om ei løyving på 107,5 mill. kr på underpost 77.16 i 2003.

Underpost 77.17 Tilskott til fruktlager

Formålet med tilskottet til fruktlager er å fremme eit forpliktande samarbeid om felles lagring, sortering, pakking og omsetning av frukt, som medverkar til å sikre forbrukarane tilgang på norsk kvalitetsfrukt.

Ein gjer framlegg om ei løyving på 8,1 mill. kr til ordninga i 2003.

Underpost 77.18 Oppkjøp av mjølkekvoter

Ordninga med kjøp og sal av mjølkekvoter skal medverke til å auke fleksibiliteten i kvoteordninga for mjølk, sikre ei betre utnytting av kapasiteten i driftsbygningar til aktive produsentar og tilpasse produksjonen til marknaden.

Ein gjer ikkje framlegg om løyving til oppkjøp av mjølkekvoter i 2003. Utbetalinga i 2003 for kjøp av mjølkekvoter hausten 2002 blir finansiert med overført beløp frå 2002.

Post 78 Velferdsordningar, kan overførast
 

(i 1 000 kr)

Underpost

Nemning

Rekneskap 2001

Saldert budsjett 2002

Forslag 2003

78.11

Tilskott til avløysing for ferie/fritid

1 213 799

1 231 319

989 819

78.12

Tilskott til avløysing for sjukdom m.m.

186 066

194 800

206 800

78.13

Medlemsavgift til folketrygda

130 800

130 800

130 800

78.14

Tilskott til sjukepengeordninga i jordbruket

88 000

88 000

88 000

78.15

Andre velferdstiltak

99 699

54 000

50 500

78.16

Tidlegpensjonsordning for jordbrukarar

85 804

74 935

107 935

Sum post 78

1 804 168

1 773 854

1 573 854

Underpost 78.11 Tilskott til avløysing for ferie/fritid

Formålet med ordninga er å legge til rette for at husdyrbrukarar skal kunne få ferie, ordna fritid og hjelp til avlasting i onna gjennom å medverke til finansiering av innleie av arbeidskraft.

Tilskottet blir rekna ut på grunnlag av satsar pr. dyr. Satsane er differensierte etter dyreslag og dyretal på bruket, og er avgrensa til 48 500 kr pr. bruk. For å ha krav på refusjon må utrekna refusjonsbeløp vere minst 5 000 kr. Tilskottet blir gitt for faktiske utgifter til avløysing etter rekneskap og lønns- og trekkoppgåver. I 2003 er behovet vurdert til 1,17 mrd. kr. For å betre landbruksføretaka sin likviditet kan dei få 75 pst. av kostnadene som forskott same året. Løyvinga på posten har avgrensa kor mykje som kan forskotterast. I samband med nysalderinga av 2002-budsjettet vil Landbruksdepartementet legge opp til at forskottsløyvinga blir auka frå 58 pst. til 75 pst. som heimla i forskriftene. Dette inneber ei auka løyving på 180 mill. kr i 2002 og ein gjer derfor framlegg om ei løyving på om lag 989,8 mill. kr i 2003.

Underpost 78.12 Tilskott til avløysing for sjukdom m.m.

Formålet med ordninga er å medverke til å finansiere avløysing på bruk med husdyrproduksjon eller heilårs veksthusproduksjon når brukaren av særlege grunnar og for eit kortare tidsrom ikkje kan ta del i arbeidet på bruket. Ordninga medverkar og til å finansiere avløysing på driftseiningar med planteproduksjon eller honningproduksjon når brukaren som følgje av sjukdom ikkje kan ta del i arbeidet på driftseininga i onnetida.

Tilskottet til husdyrbrukarar blir fastsett ut frå utrekna maksimalt tilskott i ordninga med tilskott til avløysarutgifter for ferie og fritid. For veksthusprodusentar blir tilskottet fastsett ut frå veksthusarealet. Ut frå dette grunnlaget blir det rekna ut maksimale dagsatsar for tilskottet. Tilskottet blir gitt for faktiske utgifter til avløysing, opp til maksimal dagsats for det einskilde bruk.

Ein gjer framlegg om ei løyving på 206,8 mill. kr for 2003.

Underpost 78.13 Medlemsavgift til folketrygda

Av den pensjonsgjevande inntekta innanfor jordbruk, husdyrhald, hagebruk, gartneri og skogbruk skal den einskilde brukaren betale ei avgift til folketrygda som er lik den avgifta som lønnsmottakarar betaler. Skilnaden mellom avgifta som er fastsett for sjølvstendig næringsdrivande (10,7 pst.) og avgifta som skal betalast av den einskilde brukaren (7,8 pst.) blir finansiert over jordbruksavtalen. Løyvinga er rekna ut med utgangspunkt i pensjonsgjevande inntekt i jord- og skogbruk. Midlane blir førte over sentralt til Folketrygda.

Ein gjer framlegg om ei løyving på 130,8 mill. kr for 2003.

Underpost 78.14 Tilskott til sjukepengeordninga i jordbruket

Den kollektive innbetalinga over jordbruksavtalen til sjukepengeordninga dekkjer tilleggspremien for auke av sjukepengane frå 65 til 100 pst. av inntektsgrunnlaget for sjukdom utover 14 dagar. Fødselspengar blir ytt med 100 pst. av inntektsgrunnlaget. Ordninga er rekna som kollektiv forsikring som ikkje gir rett til frådrag ved likninga. Løyvinga blir rekna ut med utgangspunkt i samla næringsinntekt for dei jordbrukarane som går inn under ordninga. Midlane blir førte over sentralt til Folketrygda.

Ein gjer framlegg om ei løyving på 88 mill. kr til ordninga for 2003.

Underpost 78.15 Andre velferdstiltak

Underposten omfattar tilskott til landbruksvikarordninga, administrasjonstilskott til avløysarlag og tilskott til landbrukshelsa.

Landbruksvikarordninga skal medverke til at kommunane tilset landbruksvikarar for å betre brukaren sin tilgang til avløysar først og fremst ved akutte krisesituasjonar. Det blir sett av 18 mill. kr til ordninga i 2003.

Godkjende avløysarlag kan gjennom ordninga med administrasjonstilskott til avløysarlag få tilskott til dekning av administrasjonsutgifter etter ein fast sats pr. medlem. Tilskottsordninga skal leggje til rette for at husdyrbrukarar skal kunne få ferie, ordna fritid og hjelp til avlasting i onna gjennom å medverke til finansiering av drifta av avløysarlag. Avløysarlag har som formål å kartleggje, organisere og administrere all avløysing innanfor eit område der det ligg til rette for eit slikt samarbeid. Avløysarlaget kan overfor medlemmane òg yte andre tenester i tilknyting til den daglege drifta av garden viss det er naturleg for laget å gjere dette. Det blir sett av 17 mill. kr i tilskott til avløysarlag i 2003.

Landbrukshelsa er ein ideell stiftelse oppretta av Noregs Bondelag og Norsk Bonde- og Småbrukarlag. Den har som formål å organisere eit effektivt og godt helse- og arbeidsmiljø i landbruket. Verksemda skal gi eit førebyggande tilbod til alle gardbrukarane og tilsette i landbruket. Landbrukshelsa skal medverke til at gardbrukarane sjølve tek ansvar for å betre arbeidsmiljøet sitt, og til å skape ein sikker og triveleg arbeidsplass og eit trygt oppvekstmiljø for barna. Det blir sett av 15,5 mill. kr til tilskottet i 2002.

Ein gjer framlegg om ei løyving på 50,5 mill. kr for 2003.

Underpost 78.16 Tidlegpensjonsordning for jordbrukarar

Formålet med ordninga er å medverke til lettare generasjonsskifte for dei som har hatt hovuddelen av inntektene sine frå jordbruk/gartneri og skogbruk.

Ein gjer framlegg om ei løyving på 107,9 mill. kr for 2003.

Kap. 4150 Til gjennomføring av jordbruksavtalen (jf. kap. 1150)

 

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2001

Saldert budsjett 2002

Forslag 2003

50

Refusjon frå Kornfondet

112 007

70

Tilbakebetaling av tilskott til reguleringsanlegg

8 000

80

Marknadsordninga for korn

122 000

122 000

81

Refusjon frå Lager- og tørkefondet

13 000

Sum kap 4150

133 007

122 000

122 000

Post 80 Marknadsordninga for korn

Underposten budsjetterer inntektene frå prisutjamningsbeløp på kraftfôrråvarer. Formålet med å påleggje prisutjamning på proteinråvarer og karbohydratfôr som ikkje er importert med toll, er å sikre tilnærma like vilkår mellom korn og andre råvarer til kraftfôr til husdyr. Pelsdyrfôr har fritak frå ordninga.

Ut frå dei prisar som gjeld på verdsmarknaden for m.a. sildemjøl og norsk korn gjer ein framlegg om ei løyving på 122 mill. kr.

Kap. 1151 Til gjennomføring av reindriftsavtalen

 

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2001

Saldert budsjett 2002

Forslag 2003

51

Tilskott til Utviklings- og investeringsfondet

41 700

49 700

45 300

72

Tilskott til organisasjonsarbeid

5 050

5 300

5 600

75

Kostnadssenkande og direkte tilskott , kan overførast

50 112

46 200

48 200

76

Ekstraordinærstøtte og produksjonssvikt i reindriften

20 289

79

Velferdsordningar

1 800

1 800

1 800

82

Kompensasjon for kostnader vedkommande radioaktivitet i rein

3 550

Sum kap 1151

122 500

103 000

100 900

Mål og strategiar

Kapitlet omfattar løyvingar til gjennomføring av reindriftsavtalen og ordninga med kompensasjon for kostnader vedkomande radioaktivitet i reinkjøtt.

Dei mål og retningsliner som ligg til grunn for reindriftspolitikken er trekt opp i St.meld. nr. 28 (1991-92) En bærekraftig reindrift, og Innst. S. nr. 167 (1991-92). Hovudstrategien er å skape ei meir berekraftig reindrift. Med dette forstår ein ei reindrift som har økologisk, økonomisk og kulturell berekraft. Desse tre måla står i ein innbyrdes samanheng: Økologisk berekraft gir grunnlag for økonomisk berekraft, og saman gjer økologisk og økonomisk berekraft det mogleg å utvikle kulturell berekraft.

Reindrifta er ei lita næring i nasjonal målestokk, men både i samisk og lokal samanheng har den stor verdi når det gjeld økonomi, sysselsetting og kultur. Reindrifta er derfor ein viktig del av det materielle grunnlag for samisk kultur.

Reindriftsavtalen er, ved sida av reindriftslova, det viktigaste verkemidlet for å følgje opp måla og retningslinene i reindriftspolitikken.

For nærare omtale av mål og strategiar i reindriftspolitikken viser ein til omtale under kat. 15.30 og til St.prp. nr. 58 (2001-2002) og Innst. S. nr. 233 (2001-2002). Nærare omtale av målsetjingane for dei enkelte ordningane på kapitlet går fram av budsjettforslaget for 2003

Resultatrapport 2001

Det økonomiske resultatet for næringa samla sett må framleis reknast som svakt, men det er store regionale skilnader. I dei sentrale reindriftsområda i Finnmark er den økonomiske situasjonen for reineigarane framleis vanskeleg. " Totalregnskapet for reindriften 2000" visar at gjennomsnittleg inntektsnivå for næringa samla sett er kvar for seg på 71 000 og 117 000 kr pr. årsverk og driftseining. I alle reinbeiteområda i Nord-Noreg med unntak for Polmak/Varanger, er kostnadene større enn produksjonsinntektene. Støtta til næringa over statsbudsjettet utgjorde i 2001 om lag 2/3 av dei samla inntektene i næringa. Særleg i dei sentrale reindriftsområda i Finnmark er det få alternative inntekts- og sysselsettingsmoglegheiter, noko som forverrar situasjonen i regionen og skaper risiko for ytterlegare overetablering i næringa.

Årsaka bak produksjonsnedgangen er samansett og slår ulikt ut for reinbeiteområda, men generelt er det vanskelege klimaforhold, arealinngrep og store rovdyrtap som gjer seg sterkast gjeldande i områda sør for Finnmark. Produksjonssvikten i Finnmark har samanheng med dei desse forholda, men må òg sjåast i samanheng med eit for høgt tal på rein i høve til beiteressursen innan haust-, vinter- og vårbeita (lavbeita). Store deler av lavbeita er nedslitne og det vil ta tid før beitekapasiteten igjen er optimal. Dei nemnde forholda medverker til at målet om ei berekraftig reindrift ikkje er nådd.

Radioaktivt nedfall etter Tsjernobyl-ulukka i 1986 skaper framleis ekstra kostnader for reindriftsnæringa. Ei tiltakspakke blei derfor finansiert av staten for å halde næringsutøvarane i reindrifta økonomisk skadeslause.

Reindriftsavtalen for 2002-2003

Avtalen legg vekt på å følgje opp dei føresetnadene som ligg i St.meld. nr. 28 (1991-92) og Innst. S. nr. 167 (1991-92). Reindriftsavtalen for 2002-2003 har ei ordinær ramme på 103 mill. kr som er uendra i høve til avtalen for 2001-2002. Under forhandlingane blei partane samde om at forvaltninga sine utgifter til administrasjon av avtalen, samt utgifter til ein forskarformidlarstilling skal dekkjast over driftsbudsjettet til Reindriftsforvaltninga med verknad frå 01.01.03. I budsjettforslaget er derfor kap. 1151 redusert med 2,1 mill. kr til 100,9 mill. kr. I tillegg er det sett av ei disposisjonsløyving på 3,5 mill. kr til dekking av kostnader knytt til radioaktivitet. Avtalen sine viktigaste mål er stimulere til størst mogleg verdiskaping innanfor gitte rammer, tilpasse talet på driftseiningar til ressursgrunnlaget og medverke til inntektsutjamning.

Målprisen for reinkjøtt er oppheva for avtaleåret 2002-2003. Det inneber fri prisdanning for reinkjøtt innanfor det vernet importvernet gir.

Det er sett av midlar over Reindrifta sitt utviklingsfond til refusjon av utgifter i samanheng med den nyetablerte fagbrevordninga i reindrift. Det er viktig for næringa sin utvikling at reindrift er godkjent som lærarfag. Dette gir ein større fleksibilitet i reindriftsutdanninga, samtidig som opplæring i bedrift kan gi ei meir allsidig utdanning. Dette er spesielt viktig no som reindriftsnæringa står overfor nye omstillingsprosessar.

Innanfor ramme er det sett av 7,7 mill. kr for vidareføring av Verdiskapingsprogrammet for reindrift. Verdiskapingsprogrammet skal medverke til auka verdiskaping for næringstøvarane m.a. gjennom auka lokal foredling .

Vidare er det sett av 12 mill. kr over RUFtil innløysing av driftseiningar og andre strukturtiltak i distrikt med behov for tiltak for tilpassing av tal på driftseiningar og rein. Innløysing av driftseiningar i område med for lite beiteressursar i høve til talet på rein i dag, er eit effektivt tiltak for å betre vilkåra i næringa. Tiltaket skal brukast målretta mot område med slike problem.

I tillegg til sjølve avtalen er partane i sluttprotokollen til avtalen samde om finansiering av tiltak mot radioaktivitet i reinkjøtt. Avtalepartane har gitt Reindriftsforvaltninga i oppdrag å gjennomgå denne ordninga og komme med forslag til endringar av regelverket.

Vidare har avtalepartane protokollført semje om at tilskotta over reindriftsavtalen retta mot driftseiningar og tamreinlag bør utformast på ein måte som stimulerer til reell marknadsretta produksjon og verdiskaping. I samband med dette har avtalepartane gitt Norsk institutt for landbruksøkonomisk forsking (NILF) i oppdrag å gå gjennom disse ordningane og komme med forslag til omleggingar som gjer at ordningane i størst mogleg grad stimulerer til ei reindrift som har marknadsretta produksjon og verdiskaping som mål, samtidig som grunnleggjande krav til forsvarleg inntektsfordeling blir ivaretatt. NILF har overlevert ein førebels rapport. Avtalepartane drøfta rapporten under forskriftsmøte i juni 2002 og dei ble samde om at prosjektet skal førast vidare. Hovudrapporten frå NILF er føresett framlagt for avtalepartane før forhandlingane om reindriftsavtalen 2003-2004 starter opp.

Budsjettforslag 2003

Departementet gjer framlegg om løyvingar under kap. 1151 for 2003 i samsvar med reindriftsavtalen for 2002-2003. I omtalen av dei einskilde postane er det gjort kort greie for formål og innhald i dei ulike ordningane. For nærare omtale viser ein til St.prp. nr. 58 (2001-2002).

Post 51 Tilskott til Reindrifta sitt utviklingsfond

Reindrifta sitt utviklingsfond kan nyttast til praktiske tiltak i næringa som t.d. investeringar i anlegg til bruk i utøvinga av reindrift og investeringar knytte til binæringar. Fondet kan òg gi støtte til faglege tiltak til fremjing av reindrifta, samt støtte til tiltak av allmenn interesse for samisk kultur. Fondet kan yte lån eller tilskott knytte til etablering i næringa.

Frå fondet blir det gjort følgjande avsetningar:

  • 5,5 mill. kr til forsking og rettleiing for 2002

  • 2,0 mill. kr til Samisk utviklingsfond for å støtte opp under kombinasjonsnæringar der reindrifta går inn som ein komponent

  • 1,5 mill. kr til konfliktførebyggjande tiltak

  • 7,7 mill. kr over RUF til verdiskapingsprogrammet for reindrift

  • 12,0 mill. kr til innløysing av driftseiningar og andre strukturtiltak i distrikt med behov for tiltak for tilpassing av talet på driftseiningar og rein

  • 1,0 mill. kr til kvinneretta tiltak

I tråd med St.prp. nr. 58 (2001-2002) er det budsjettert med at utgifter til forskingsformidlarstillingen skal dekkjast over Reindriftsforvaltninga sitt ordinære budsjett. I budsjettforslaget er derfor kap. 1151 post 51 redusert med 0,6 mill. kr mot ei tilsvarande auke av kap. 1147 post 01, jf. kap. 1147.

Ein gjer framlegg om ei løyving på 45,3 mill. kr for 2003.

Post 72 Tilskott til organisasjonsarbeid

Dei store utfordringane som reindriftsnæringa står overfor, krev ei aktiv deltaking frå næringa sjølv, og da spesielt i høve til arbeidet med Verdiskapingsprogrammet for reindrift og den pågåande prosessen med revisjonen av plan- og bygningsloven. Ein gjer framlegg om ei auke av løyvinga med 0,3 mill. kr til 5,6 mill. kr for 2003.

Post 75 Kostnadssenkande og direkte tilskott, kan overførast
 

(i 1 000 kr)

Underpost

Nemning

Rekneskap 2001

Saldert budsjett 2002

Forslag 2003

75.10

Administrasjon av reindriftsavtalen

1 500

75.11

Frakttilskott

1 428

2 000

2 000

75.12

Tilskott til driftseiningar og tamreinlag

28 697

28 600

27 600

75.13

Distriktstilskott

11 601

8 000

11 700

75.14

Driftstilskott for Troms og Nordland

5 560

5 600

5 400

75.18

Tidlegslaktetilskott i Finnmark

1 327

2 000

1 500

Sum post 75

50 112

46 200

48 200

I tråd med St.prp. nr. 58 (2001-2002) er det budsjettert med at utgifter til administrasjon av avtalen skal dekkjast over Reindriftsforvaltninga sitt driftsbudsjett utan refusjon frå kap. 1151. I budsjettforslaget er derfor kap. 1151 post 75 redusert med 1,5 mill kr samtidig som inntektskravet på kap. 4147 er redusert tilsvarande.

Ein gjer framlegg om ei samla løyving under posten på 48,2 mill. kr for 2003 som er ei auke på 2 mill. kr i høve til 2002, jf. omtalen nedanfor.

Underpost 75.11 Frakttilskott

Formålet med frakttilskottet er å medverke til å jamne ut prisane på reinkjøtt til reineigarane i ulike distrikt. Ein gjer framlegg om ei løyving på 2 mill. kr.

Underpost 75.12 Tilskott til driftseiningar og tamreinlag

Formålet med ordninga er å medverke til å tilpasse reintalet i høve til beiteressursane og å auke produktiviteten pr. dyre- og arealeining. Tilskottet skal òg ha ein kvalitetsfremjande effekt og verke inntektsutjamnande mellom regionar og einingar i næringa. Satsen for produksjonstilskottet blei ført vidare med kr 50 000 pr. driftseining. Tamreinlaga får satsen på kr 50 000 for kvar 600 rein. Sanksjonsmidlar er at tilskottet fell bort dersom krava ikkje blir overhaldne. Det er sett av 22,6 mill. kr til produksjonstilskott, og 5 mill. kr til kalveslaktetilskott. Satsen er ført vidare med 225 kr pr. kalv.

Ektefelletilskottet er ført vidare med kr 50 000 pr. driftseining.

Ein gjer framlegg om ei løyving på 27,6 mill. kr.

Underpost 75.13 Distriktstilskott

Formålet med distriktstilskottet er å medverke til at reinbeitedistrikta skal kunne ta auka ansvar for utvikling av næringa i ei berekraftig retning. Tilskottet skal òg gi grunnlag for at distrikta skal ha ansvar for finansiering av kostnader ved avløysing under sjukdom og svangerskap utover dei generelle ordningane i Folketrygda. Det vil bli opna for oppbygging av tapsførebyggjande fond i distrikta ved at distrikta får høve til å setje av inntil 20 pst. av ordinært distriktstilskott til slike fond, og at distrikta i så fall blir tilførte ein tilsvarande sum over reindriftsavtalen.

Ein gjer framlegg om ei løyving på 11,7 mill. kr, som er ei auke på 3,7 mill. kr i høve til avtalen for 2001-2002. Hovudårsaka til denne auken er at ein større del av distrikta har fått stadfesta distriktsplan som er eit av krava for å få tilskott.

Underpost 75.14 Driftstilskott for Troms og Nordland

Formålet med ordninga er å heve og jamne ut inntekter mellom einingar i næringa. For i størst mogleg grad å ta omsyn til dei mange spesielle tilhøva for reindrifta i Troms, blei det ved reindriftsforhandlingane i 1997 innført ei ordning med flatt driftstilskott for driftseiningane i Troms. Dette blei i reindriftsavtalen for 1999-2000 utvida til òg å gjelde Nordland.

Satsen blir ført vidare med 80 000 kr pr. driftseining. Ein gjer framlegg om ei løyving på 5,4 mill. kr.

Underpost 75.18 Tidlegslaktetilskott i Finnmark

Ordninga med tidlegslaktetilskott blei innført i slaktesesongen 1993-94 grunna dei særlege problema knytte til vinterbeita i Finnmark og Troms. Formålet med ordninga er å medverke til at rein blir slakta tidleg på hausten. Dette for å redusere trykket på marginale lavbeite, samt å oppnå best mogeleg kvalitet på kjøtt og biprodukt.

Ein gjer framlegg om ei løyving på 1,5 mill. kr.

Post 79 Velferdsordningar

Posten omfattar ordninga med Medlemsavgift til Folketrygda og sjukepengeordninga.

Den enkelte reineigar skal betale ei avgift til folketrygda som er lik den avgifta lønsmottakarane betalar. Skilnaden mellom avgifta som er fastsett for private næringsdrivande (10,7 pst.), og avgifta som skal betalast av den enkelte reineigar (7,8 pst.) blir finansiert over reindriftsavtalen. Løyvinga er rekna ut med utgangspunkt i utviklinga i pensjonsgjevande inntekt i reindrifta.

Den kollektive innbetalinga over reindriftsavtalen til sjukepengeordninga dekkjer tilleggspremien for auke av sjukepengane frå 65 til 100 pst. av inntektsgrunnlaget for sjukdom utover 16 dagar. Fødselspengar blir òg ytte med 100 pst. av inntektsgrunnlaget. Løyvinga er rekna ut med utgangspunkt i samla næringsinntekt for dei utøvarane i reindrifta som går inn under ordninga. Midlane blir overført sentralt til Folketrygda.

Ein gjer framlegg om ei løyving på 1,8 mill. kr.

Kap. 1161 Statskog SF - forvaltningsdrift

 

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2001

Saldert budsjett 2002

Forslag 2003

70

Tilskott til forvaltningsdrift

16 324

16 299

16 334

71

Distriktsrettet næringsutvikling

3 031

73

Avviklingskostnader

195

212

216

75

Oppsyn i statsalmenningar

6 644

6 713

6 827

Sum kap 1161

23 163

26 255

23 377

Mål og strategiar

Statskog SF har grunnbokheimel til om lag 1/3 av landarealet, i alt om lag 110.000 km2. For ei generell omtale av føretaket, viser ein til kap. 5652.

Forvaltningsoppgåvene som Statskog SF gjer på oppdrag for Landbruksdepartementet, omfattar både lovpålagte og ikkje lovpålagte oppgåver. Dei lovpålagte oppgåvene har grunnlag i særlover som gjeld for eigedomane; fjellova, lov om statens umatrikulerte grunn i Finnmark fylke, lov om skogsdrift m.v. i statsallmenningane og lov om utmarkskommisjon for Nordland og Troms. Dei oppgåvene som ikkje er lovpålagde har grunnlag i særlege pålegg og retningslinjer.

Målet for Statskog SF sitt arbeid med forvaltningsoppgåvene er å sikre at dei rettar bruksrettshavarar og andre har på eigedomane, blir ivaretekne i samsvar med lover, forskrifter og politiske retningsliner. Føretaket skal og arbeide for ei areal- og ressursdisponering som er tenleg for samfunnet, for dei distrikta der eigedomane ligg og for staten som eigar.

Departementet styrer aktiviteten gjennom tildelingsbrev og styringsmøtene på same måte som anna forvaltningsverksemd.

Lovpålagte oppgåver

Skogbruk

Oppgåvene, som følgjer av lov om skogsdrift i statsalmenningar og lov om statens umatrikulerte grunn i Finnmark, er knytte til vedutvisning i Finnmark og til virkesutvisning i statsallmenningar til dekking av bruksrettar. I tillegg inngår arbeid med salsvirke til inntekt for allmenningsfonda.

Grunneigaroppgåver som ikkje gir inntekt

Verksemda følgjer av lov om staten sin umatrikulerte grunn i Finnmark og det særlege samfunnsansvaret Statskog har som dominerande grunneigar i fylket. Tidlegare fall også grunneigaroppgåvene i statsallmenningar inn her. Utgiftene til desse oppgåvene blir f.o.m. 2000 dekt over grunneigarfondet, jf. Innst. S. nr. 8 (1999-2000).

Utmarkskommisjonen for Nordland og Troms

Oppgåvene omfattar Statskog sitt arbeid for kommisjonen med trykking av Riksarkivet sine utgreiingar, kartarbeid, arkivgransking, synfaringar og saksførebuing.

Offentlegrettslege oppgåver

Verksemda dekkje oppgåver der Statskog handlar som offentleg styresmakt, behandlar saker og gjer vedtak i samsvar med fjellova, lov om skogsdrift mv. i statsallmenningane og lov om statens umatrikulerte grunn i Finnmark. Administrasjonsutgiftene knytt til tilskottsforvaltninga for post 75 fell òg inn her.

Ikkje lovpålagte oppgåver

Administrasjon av fiske i Finnmark

Inntil vidare gjeld særlege ordningar for forvaltning av fisket i Finnmark. Forvaltningsordninga skal vurderast i samband med oppfølginga av arbeidet til Samerettsutvalet.

Friluftsliv, tilrettelegging

I samsvar med St.meld. nr. 40 (1986-87) Om friluftsliv held Statskog m.a. opne husvære i fjellet, merkar stier og løyper og byggjer bruer, klopper, rasteplassar og fiskebrygger for mellom anna uføre og barnefamiliar. Tiltaka har ofte innslag av kulturminnevern i samband med restaurering av gamle bygningar, fløytingsdammar og -renner. Tiltak for friluftslivet blei evaluert i 1996, jf. omtale i St.prp. nr. 1 (1996-97).

Oppsyn i Nord-Noreg - fjellteneste

Tenesta, som er samfinansiert med m.a. miljøvernstyresmaktene, skal gjennom informasjon og retteleiing, overvaking, skjøtsel og tilrettelegging medverke til sikring av naturverdiar og bevaring av biologisk mangfald. Tenesta omfattar eit areal på knapt 70 millioner dekar. Ei samarbeidsavtale mellom Statskog SF og Statens Naturoppsyn om at Fjelltenesta skal utføre offentlegrettsleg naturoppsyn for SNO i Nord-Noreg, blei inngått i februar 2001.

Resultatrapport 2001

På post 70 er det i 2001 rekneskapsført 16,324 mill. kr som er i samsvar med løyvinga. Om lag 43 pst. av utgiftene skriv seg frå dei lovpålagte oppgåvene.

Lovpålagte oppgåver

I alt 32 200 m3 tømmer og ved er utvist til bruksrettshavarane eller selt til inntekt for almenningsfonda. Av dette utgjer utvisinga i Finnmark 12 100 m3. Grunna auka etterspørsel etter ved dei siste åra er det i samarbeid med lokale styresmakter sett i gang ei registrering av lauvskogressursane i fylket. Dette blir gjort både for å sikre ei god ressursforvaltning og bruksrettshaverane sine rettar.

Arbeidet med skogbruksplanar i samsvar med § 4.3 i statsalmenningslova held fram. Det er òg starta eit arbeid med å registrere særskilde miljøverdiar knytte til skogen i statsallmenningane.

Ikkje lovpålagte oppgåver

Det blei i 2001 brukt 0,3 mill. kr meir enn planlagt til fiskeordningane i Finnmark grunna auka ressursinnsats. Med omsyn til planar og tilrettelegging for friluftslivet blei det brukt 0,2 mill. kr mindre enn planlagt. Departementet har signalisert at dei ventar forsterka innsats på dette området, men grunna budsjettsituasjonen var det i 2001 ikkje mogleg å få til dette. Av same grunn er det i 2001 nytta 0,2 mill. kr mindre enn planlagt til oppsynstenesta i Nord-Noreg.

Fond knytte til forvaltningsoppgåvene

Bruken av grunneigarfondet som pr. 31.12.01 var på 39,2 mill. kr, er regulert med §12 i fjellova. Fondet skal etter samråd med Fjellstyresambandet mellom anna brukast til tiltak i statsallmenningane med sikte på verdiskaping og lønnsame arbeidsplassar. I 1999 blei det utarbeidd nytt regelverk som skal medverke til at fondet i større utstrekning enn hittil blir brukt til tiltak i allmenningsbygdene. Grunneiegarfondet blei redusert med i overkant av 7 mill. kr frå 2000 til 2001. Denne reduksjonen skuldast dels auka utbetaling til godkjende tiltak i samsvar med det nye regelverket, dels omlegging av finansieringa av ikkje inntektsgivande grunneigaroppgåver frå statsbudsjettet til grunneigarfondet m.m. Almenningsfonda, som på same tid var på i underkant av 21 mill. kr, skriv seg frå salshogstar og erstatning for barskogvern m.m. i underskottsallmenningane. Fonda skal saman med skogavgiftsfonda brukast til investeringar i skogbruket i den enkelte allmenning.

Budsjettforslag 2003

Post 70 Tilskott til forvaltningsdrift

Verksemda er knytt til lovpålagte og ikkje lovpålagte forvaltningsoppgåver som Statskog SF utfører for Landbruksdepartementet.

Ein reknar med at avverkinga av bruksrettsvirke vil liggje på om lag same nivå som i 2001. Arbeidet med registrering av bygningar og bruk på setrar som fell inn under føresegnene i fjellova, blei sett i gang i 2000 og held fram også i 2003. Databasen som blei utarbeidd på bakgrunn av desse registreringane skal være klar ved årsskifte 2003/2004. I samarbeid med NINA og NIKU skal det setjast i gang eit prosjekt for kartlegging og sikring av kulturminne på eigedomane.

Departementet gjer framlegg om ei løyving på 16,334 mill. kr. Resultatrapporten for 2001 syner at det framover er behov for auka aktivitet og tilsyn på Statskog SF sine areal for å ta vare på staten sine rettar som grunneigar. Det er òg behov for auka service overfor og tilsyn med brukarar av utmarka.

Post 73 Avviklingskostnader

Posten dekkjer ventelønn til dei som fekk rett til dette i samband med flyttinga av Statskog SF sitt hovudkontor frå Oslo til Namsos. Departementet gjer framlegg om ei løyving på 0,216 mill. kr.

Post 75 Oppsyn i statsallmenningane

Posten dekkjer tilskott til fjellstyra for oppsynsordningar i statsallmenningane i samsvar med § 36 i fjellova. Statsallmenningane omfattar 27 mill. dekar. Formålet med ordninga er å fremje og sikre viktige samfunnsinteresser i område der staten som grunneigar har eit spesielt ansvar. Departementet gjer framlegg om ei løyving på 6,827 mill. kr.

Kap. 2411 Statens nærings- og distriktsutviklingsfond

 

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2001

Saldert budsjett 2002

Forslag 2003

50

Tapsfond, lån til landbruksformål

6 000

71

Rentestøtte

26 100

Sum kap 2411

32 100

Alle lån til landbruksformål, uavhengig av når lånet er gitt, er frå og med 2002 integrert i lågrisikolåneordninga til SND. Utgifter til administrasjon, låneprovisjon til staten og avsetjingar for tap blir dekt innanfor rentemarginen i staden for over statsbudsjettet.

Resultatrapport 2001

Utlånsverksemda

SND si ramme for løyving av nye lån var i 2001 på 400 mill. kr. SND sine utlån til dei ulike formåla i 2000 og 2001 går fram av tabell 2.12.

Utlån til dei ulike formåla i 2000 og 2001

Formål

2000

2000

2001

2001

Talet på lån

Sum i mill. kr

Talet på lån

Sum i mill. kr

Driftsbygningar

273

117,5

210

98,6

Tilleggsnæringar

68

39,9

65

31,8

Kjøp av tilleggsareal og eigedomsoverføring

210

133,6

134

74,0

Miljøtiltak

3

1,5

3

0,5

Reindrift

Div. landbruksformål

42

15,1

48

11,2

Sum landbruksformål

596

307,6

460

216,1

Nye bustader

97

67,1

67

53,2

Utbedring av bustader

98

39,6

38

16,5

Sum bustadsføremål

195

106,7

105

69,7

Sum totalt

791

414,3

565

285,8

Ved utgangen av 2001 utgjorde samla utlån til landbruksformål 4 306 mill. kr. Dette gav ein auke i utlånskapitalen på 41 mill. kr. I høve til utlånsmassen er tapstala framleis låge, SND hadde i 2001 eit samla tap på utlån til landbruksformål på 4,3 mill. kr.

Når det gjeld SND sitt arbeid med næringsutvikling i og knytt til landbruket blir det vist til kap. 1150.

Kap. 5545 Miljøavgifter i landbruket

 

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2001

Saldert budsjett 2002

Forslag 2003

71

Miljøavgift, plantevernmiddel

34 875

40 000

40 000

Sum kap 5545

34 875

40 000

40 000

Miljøavgift er eit av fleire verkemiddel for å nå nasjonale og internasjonale miljømål. Gjennomføringa av tiltak er dokumentert i systemet med resultatkontroll i jordbruket. Landbrukstilsynet krev inn miljøavgifta.

Post 71 Miljøavgift, plantevernmiddel

Som ei oppfølging av Handlingsplan for redusert risiko ved bruk av plantevernmiddel, blei avgiftssystemet lagt om frå 1.3.1999. Plantevernmidla blir no grupperte i avgiftsklasser basert på ibuande eigenskapar og eksponeringsbelastning. Avgifta var tidlegare basert på omsetningsverdi, medan den no er basert på normerte arealdosar differensiert etter midla sin risiko for helse- og miljøskader. For at avgifta skal få tilstrekkeleg effekt i høve til målsettinga for plantevermiddelbruk, vil departementet vurdere nivået på avgifta i samband med dei årlege budsjettframlegga.

Omsetningstala så langt syner at det nye avgiftssystemet har god effekt og ein har fått både redusert omsetning og ein overgang til plantevernmiddel i lågare avgiftsklassar, dvs middel med lågare miljø- og helserisiko. For 2003 er det budsjettert med inntekter på 40 mill. kr.

Kap. 5571 Totalisatoravgift

 

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2001

Saldert budsjett 2002

Forslag 2003

70

Avgift

96 660

98 000

92 500

Sum kap 5571

96 660

98 000

92 500

Under posten blir ført inntekter frå avgift på totalisatorspel.

I 2001 blei den samla omsetninga i totalisatorspel på 2 626 mill. kr. Dette var ein auke på 54 mill. kr frå året før. For 2002 er det budsjettert ut frå ei samla omsetning på om lag 2 650 mill. kr. Utviklinga hittil tyder på at omsetninga i 2002 kan bli i underkant av dette.

For 2003 gjer ein framlegg om ei løyving under posten på 92,5 mill. kr. Det er i framlegget lagt til grunn uendra avgiftssats på 3,7 pst. av omsetninga, og ei nedgang i omsetninga i høve til 2002.

Programkategori 15.40 Forretningsdrift

Inntekter under programkategori 15.40 fordelte på kapittel

 

(i 1 000 kr)

Kap.

Nemning

Rekneskap 2001

Saldert budsjett 2002

Forslag 2003

Pst. endr. 02/03

5614

Renter av lån til landbruksformål

16 542

5651

Aksjar i selskap under Landbruksdepartementet

12 714

750

750

0,0

5652

Innskottskapital i Statskog SF

6 100

8 500

8 500

0,0

Sum kategori 15.40

35 355

9 250

9 250

0,0

I kategorien er utbytte frå Statskog SF og Veterinærmedisinsk oppdragssenter AS budsjettert.

Kap. 5651 Aksjar i selskap under Landbruksdepartementet

 

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2001

Saldert budsjett 2002

Forslag 2003

80

Utbytte

12 714

750

750

Sum kap 5651

12 714

750

750

Post 80 Utbytte

Cermaq ASA

Selskapet blei 01.07.2001 ført over til Nærings- og handelsdepartementet og ein viser derfor til St.prp. nr. 1 (2002-2003) for Nærings- og handelsdepartementet for budsjettframlegg.

Graminor AS

Selskapet Norsk Kornforedling AS (no Graminor AS) blei stifta 17.08.1993, jf. St.prp. nr. 78 (1992-93) og Innst S. nr. 240 (1992-93). Statens Kornforretning teikna på vegne av staten aksjar i selskapet i 1993. I 1995 blei aksjane til staten i selskapet lagt til Statkorn Holding AS, no Cermaq ASA. I samband med at det statlege eigarskapet i Cermaq ASA blei overført frå Landbruksdepartementet til Nærings- og handelsdepartementet 01.07.2001, blei aksjane som Cermaq ASA eigde i Norsk Kornforedling AS overført til Landbruksdepartementet. Oppgjer for aksjane blei gjort med aksjar som Staten eigde i Cermaq ASA. Ved overføringstidspunktet eigde staten 51,1 pst. av aksjane i Norsk Kornforedling AS. Selskapet skifta 18.12.2001 namn til Graminor AS og det blei m.a. underteikna ny aksjonæravtale. Selskapet har fått nytt namn på grunn av ny idé for verksemda.

Det har i 2002 vore gjennomført endringar på eigarsida i selskapet der mellom anna Potetsamvirket (HOFF) og Gartnerhallen har kome inn som aksjonærar. Venteleg vil dei norske aksjonærane (Staten, Strand Brænderi, Felleskjøpet, HOFF og Gartnerhallen) knytte til seg ein nordisk partnar innan foredlingsarbeid i løpet av 2002. Departementet tar sikte på å ha ein eigardel på minimum 34 pst. i selskapet.

Graminor AS utfører foredling og prebasis av betre og sjukdomsfrie plantevekstar, under det korn, tilpassa norske og nordiske forhold. Selskapet mottar lisens- og foredlaravgift ved omsetting av sjukdomsfritt materiale i marknaden og midlar frå ulike FoU-løyvingar nasjonalt og internasjonalt. Selskapet står føre genbank av ein rekkje arter. Graminor AS finansierer forsking ved fleire samarbeidande verksemder som til dømes Planteforsk. I 2002 blir det gjennomført eit prosjekt for å utvide selskapet si verksemd når det gjeld oppformering og planteforedling. I løpet av vinteren 2002-2003 ventar departementet at Graminor AS sin rolle innanfor denne verksemda er avklart. Hovudkontoret til Graminor AS ligg på Bjørke Forsøksgard i Løten.

Graminor hadde ei omsetning på 16,0 mill. kr og eit overskott på 2,3 mill. kr i 2001. Det blir ikkje budsjettert med utbytte frå selskapet i 2003, m.a. fordi kapitalbehovet til verksemda er stort.

Staur Gård AS

Staur Gård AS har ansvar for å drive eigedomen Staur gard. Staur Gård AS hadde ei omsetning på 1,15 mill. kr og eit underskot på 0,15 mill. kr i 2001. Det blir ikkje budsjettert med utbytte frå selskapet i 2003. Ein viser elles til omtale under kap. 1100 post 70.

Veterinærmedisinsk Oppdragssenter AS (VESO)

VESO er ei kunnskapsbedrift med fagleg fundament i norske veterinærmedisinske og liknande miljø. VESO hadde i 2001 ei omsetning på 148 mill. kr og eit ordinært resultat etter skatt på 3 mill. kr. Den største delen av omsetninga er knytt til norsk oppdrett og akvakultur.

I tråd med Stortinget si behandling av St.prp. nr. 84 (2000-2001) selde Landbruksdepartementet 49 pst. av aksjane i VESO i 2001. Aksjane blei seld til SIVA. SIVA er ein aksjeeigar som vil vere med å vitalisere og utvikle VESO vidare.

I framkant av aksjesalet blei eigedomen som VESO eigde på Adamstua kjøpt av staten. I samband med eigedomskjøpet blei det vedtatt eit ekstraordinært utbytte i VESO på 11,3 mill. kr, jf. St.prp. nr. 25 (2001-2002).

Ein budsjetterer med 0,75 mill. kr i utbytte frå selskapet i 2003 ut frå føresetnaden om ein statleg eigardel på 51 pst.

Kap. 5652 Innskottskapital i Statskog SF

 

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2001

Saldert budsjett 2002

Forslag 2003

80

Utbytte

6 100

8 500

8 500

Sum kap 5652

6 100

8 500

8 500

Statskog SF har grunnbokheimel til om lag 1/3 av landarealet, i alt om lag 110.000 km2. Statskog er òg den største skogeigaren i landet, men skogen dekker likevel mindre enn 5 pst. av Statskog sitt totale areal. Resten er fjell- og utmarksareal, for det meste i dei tre nordlegaste fylka. I Sør-Noreg er ein stor del av arealet (om lag 27.000 km2) statsallmenning kor lokalbefolkninga har ulike bruksrettar (tømmer, ved, beite, fiske m.m.).

Statskog SF er med sin kompetanse og røynsle innan skog- og utmarksoppgåver ein sentral aktør i forvaltninga av dei norske skog- og utmarksressursane, og er eit viktig instrument for regjeringa for å løyse oppgåver knytt til skog- og utmarksspørsmål. Statskog SF skal forvalte, drive og utvikle statlege skog- og fjelleigedomar med tilhøyrande ressursar, det som står i samband med dette og anna naturleg tilgrensande verksemd. Innanfor ramma av målsettinga kan Statskog SF òg drive andre eigedomar og yte andre former for tenester. Statskog SF skal leggje vekt på å oppnå eit tilfredsstillande økonomisk resultat, drive aktivt naturvern og ta omsyn til friluftsinteresser. Ressursane skal utnyttast balansert. Den økonomiske styringa skal skje etter vanlege bedriftsøkonomiske prinsipp.

Statskog har utarbeidd konsernstrategi for perioden 2000-2003 og er for tida i gang med å revidere denne strategien. Måla er m.a. å bidra til næringsutvikling i distrikta gjennom å styrkje samarbeidet med kommunar, verksemder og frivillige organisasjonar innanfor den økonomiske ramma som blir sett av eigaren sitt krav til avkastning og utbyttepolitikk.

Konsernet hadde i 2001 driftsinntekter på 231 mill. kr og eit driftsresultat på 37,8 mill. kr. Årsresultatet etter finanspostar og skattar viser eit overskott på 25,2 mill. kr. Bokført totalkapital i konsernet pr. 31.12.2001 var 278,6 mill. kr og eigenkapitalen utanom skogavgiftsfondet 196,8 mill. kr. Forrentinga av bokført eigenkapital har i åra 1999-2001 vore høvesvis 9,0 pst., 4,2 pst. og 12,5 pst. Utbyttet for 2001 er fastsett til 13 mill. kr. Høgare utbytte enn saldert budsjett 2002 skuldast sal av eigedom. Det blei gjennomført verdivurdering av selskapet i 1998.

Det er budsjettert med eit utbytte på 8,5 mill. kr frå selskapet i 2002. Endeleg vedtak om utbytte blir gjort på ordinært foretaksmøte våren 2003.

Våren 2002 behandla Stortinget Innst. S. nr. 150 (2001-2002) om sal av eigedom i Statskog SF. Landbruksdepartementet arbeider med oppfølging av innstillinga og vil rapportere til Stortinget om framdrifta i dette arbeidet i 2003.

Til forsiden