Del 1
Innleiing
1 Hovudprioriteringar og hovudutfordringar
1.1 Hovudprioriteringar innanfor MD sitt budsjett
Grunnlag og rammer for budsjettet
Kvar generasjon har eit ansvar for å ta vare på og forvalte naturen til gagn for sine etterkommarar. I sin Human Development Report har FN i fleire år på rad framheva Noreg som det beste landet i verda å bu i. Som eitt av dei rike landa har Noreg eit særskilt ansvar for å delta aktivt i arbeidet med globale utfordringar knytte til miljø, ressursutnytting og kamp mot fattigdom.
FN sitt toppmøte i Johannesburg hausten 2002 framheva særskilt miljø og utvikling som store globale utfordringar. Semja om FN sine tusenårsmål og oppfølginga av desse representerer eit globalt partnarskap for utvikling som forpliktar både fattige og rike land til betydelege reformer. Regjeringa vil bidra til ein klarare samanhang og betre samsvar mellom dei internasjonale miljø- og utviklingsmåla som er sette opp og rammeverket for utvikling.
I møte med utfordringar knytte til naturen sine tolegrenser og fordeling av ressursar, vil vidareutvikling av velferd og livskvalitet i rike land, i større grad enn dei materielle verdiane, måtte dreie seg om å utvikle dei ikkje-materielle og mellommenneskelege verdiane og kvalitetane i samfunnet vårt. Samarbeidsregjeringa vil føre ein offensiv miljø- og ressurspolitikk basert på målet om berekraftig utvikling. Dette krevjer at globalt ansvar blir omsette i lokal handling. Regjeringa legg stor vekt på det lokale miljøvernet.
Miljøvernpolitikken er basert på desse viktige prinsippa: Vi må respektere tolegrensa i naturen. Vi må vere føre var og ikkje bruke kunnskapsmangel som grunn til ikkje å handle. Vi må la forureinaren betale og ikkje akseptere at rekninga blir send til naboar, til fellesskapen og til kommande generasjonar.
Miljøverndepartementet sitt budsjett finansierer mange av dei mest sentrale verkemidla og tiltaka i miljøvernpolitikken. Dette kapitlet omtaler dei viktigaste prioriteringane for 2005. Det gir vidare ein kort gjennomgang av hovudutfordringane i miljøvernpolitikken, og hovudtrekka i Regjeringa sin politikk også utover dei konkrete budsjettsatsingane for neste år.
Miljøvernpolitikken byggjer på at alle samfunnssektorar og aktørar har eit sjølvstendig ansvar for å leggje miljøomsyn til grunn for verksemda si. Prinsippet om sektoransvar har lenge vore sentralt i norsk miljøvernpolitikk, og er vidareutvikla i stortingsmeldingane om Regjeringa sin miljøvernpolitikk og riket sin miljøtilstand. Det er derfor òg gitt ein omtale av miljøsatsingar på budsjetta til andre departement.
Budsjettforslaget for Miljøverndepartementet for 2005 er på 2 705,5 mill. kroner. Satsingane følgjer opp hovudområde som er omtalte i sentrale meldingar og proposisjonar som Regjeringa har lagt fram:
St.meld. nr. 12 (2001-2002) Rent og rikt hav
St.meld. nr. 15 (2001-2002) Tilleggsmelding til St.meld. nr. 54 (2000-2001) Norsk klimapolitikk
St.meld. nr. 23 (2001-2002) Bedre miljø i byer og tettsteder
St.prp. nr. 79 (2001-2002) Om nasjonale laksevassdrag og laksefjorder
St.prp. nr. 49 (2001-2002) Om samtykke til ratifikasjon av Kyotoprotokollen av 11.desember 1997 til FNs rammekonvensjon om klimaendring av 9. mai 1992
St.meld. nr. 25 (2002-2003) Regjeringens miljøvernpolitikk og rikets miljøtilstand
St.meld. nr. 30 (2002-2003) «Norge digitalt» – et felles fundament for verdiskaping
St. meld. nr. 40 (2002-2003) Nedbygging av funksjonshemmende barrierer
St. meld. nr. 15 (2003-2004) Rovvilt i norsk natur
Hovudprioriteringane i 2005-budsjettet
Trusselen om menneskeskapte klimaendringar er den største globale miljøutfordringa vi står overfor. Regjeringa vil derfor føre ein offensiv klimapolitikk og arbeide aktivt internasjonalt og nasjonalt for å redusere klimagassutsleppa.
I 2005 vil Regjeringa styrkje arbeidet med å utforme og gjennomføre ein heilskapleg nasjonal klimapolitikk. Det blir lagt opp til at eit kvotesystem for klimagassar skal vere på plass frå og med 2005, og Regjeringa vil løyve pengar til eit kvoteregister. Regjeringa vil vidare prioritere arbeidet med å få på plass eitt meir ambisiøst globalt klimaregime etter 2012. Det vil òg bli lagt auka vekt på det langsiktige arbeidet knytt til klima, med særleg fokus på dei arktiske områda.
God miljøforvaltning er avgjerande for velferd og verdiskaping både i i-land og u-land. Miljøvernpolitikken er derfor ein avgjerande føresetnad for ein heilskapleg og langsiktig utviklingspolitikk. For Noreg er det ei sentral utviklingspolitisk oppgåve å arbeide for miljømessig berekraftig utvikling. Det blir lagt vekt på at dette perspektivet blir teke opp i utviklingsdialogen og innarbeidd i utviklingslanda sine fattigdomsstrategiar. Integrering av miljøomsyn i bistanden vil derfor stå sentralt for departementet framover.
Den nasjonale miljøvernpolitikken skal medverke til ei berekraftig utvikling, i tråd med handlingsplanen for Nasjonal Agenda 21 som Regjeringa la fram i 2004. Regjeringa vil leggje særlig vekt på å følgje opp Noreg sine plikter i høve til vedtaka frå verdstoppmøtet i Johannesburg i 2002.
2005 er Friluftslivets år. Dette er òg Miljøverndepartementet sitt hovudbidrag til hundreårsmarkeringa 1905-2005. Regjeringa fremjar forslag om å auke løyvingane til friluftsføremål med 13,7 mill. kroner, og vil bl.a. stø friluftslivsorganisasjonane og deira arbeid med å gjennomføre dette temaåret. Barn og unge og deira høve til å utvikle gode miljøhaldningar, gode livsstilsvanar og dugleik i å ferdast i naturen er hovudtema for Friluftslivets år 2005.
Friluftsliv er ei viktig kjelde til livskvalitet. Regjeringa prioriterer arbeidet med å sikre nye friluftslivsområde, i første rekkje strandperler og grøntområde i dei store byane. Bl.a. er det viktig å sikre allmenta tilgang til dei strandområda som Forsvaret og andre statlege institusjonar ikkje lenger har trong for som følgje av omstillingar. Løyvingane til forvaltning og tiltak i skjergardsparkane vil òg bli auka.
Regjeringa prioriterer høgt å ta vare på norsk natur. Auke i tilsegnsfullmaktene knytte til nasjonalparkplanen og nytt skogvern gjer det mogleg å halde oppe framdrifta i vernearbeidet. Arbeidet med dei fylkesvise, tematiske verneplanane vil, med unnatak for to område, bli avslutta i 2005. Det er fremja forslag om budsjettauke i 2005 for å styrkje forvaltning og skjøtsel i verneområda. Regjeringa går òg inn for at nasjonalparkar og andre verneområde skal kunne brukast i lokal næringsutvikling og verdiskaping.
Regjeringa vil halde fram med å auke skogvernet i tråd med Stortinget si behandling av St.meld. nr. 25 (2002-2003) Regjeringens miljøvernpolitikk og rikets miljøtilstand. Regjeringa føreslår å auke løyvinga i 2005 med 39,2 mill. kroner, slik at ein har rom for ei offensiv vidareføring av nytt skogvern, bl.a. ved vern av område og midlar til å gjennomføre nye verneprosessar. Samtidig fremjar Regjeringa forslag om ei tilsegnsfullmakt på 47,7 mill. kroner som i første rekkje gjer det mogleg å fatte vernevedtak for dei såkalla meldepliktsområda på privat grunn.
Det er viktig å ta vare på det biologiske mangfaldet også utanom verneområda. Regjeringa vil styrkje arbeidet med å bevare dei ville laksestammene ytterlegare. Kampen mot lakseparasitten Gyrodactylus salaris vil halde fram gjennom ulike bevaringstiltak, forsking og overvaking og løyvinga blir føreslått auka. Ein stortingsproposisjon om ferdigstilling av nasjonale laksevassdrag og laksefjordar vil bli fremja mot slutten av 2005. Oppfølging av St.meld. nr. 15 (2003-2004) Rovvilt i norsk natur er høgt prioritert.
Arbeidet med å redde fjellreven frå utrydding vil halde fram i 2005. Viktige tiltak er innfanging og avl av fjellrev for seinare utsetjing i naturen, raudrevkontroll, overvaking av fjellrevbestanden og identifisering av viktige leveområde. Gjennomføringa av nasjonalparkplanen er med på å sikre leveområda til fjellreven.
Satsinga på kulturminneområdet held fram for å ta vare på kulturminna som bruksressursar og som grunnlag for oppleving. Regjeringa ønskjer med satsinga å stimulere til ytterlegare privat innsats og gi eigarane betre høve til å ta vare på verdifulle kulturminne. Det skjer bl.a. ved forslag om at tilskotsposten til vern og sikring av freda og bevaringsverdige bygningar og anlegg skal auke med 3,5 mill. kroner samanlikna med 2004. Regjeringa har også føreslått å setje av 3 mill. kroner meir til styrkt innsats for istandsetjing og vedlikehald av stavkyrkjene og til sikring av verdifull kyrkjekunst i desse kyrkjene. Vidare prioriterar Regjeringa ytterlegare opptrapping av brannsikringstiltaka i stavkyrkjene og føreslår ein auke på 2 mill. kroner til dette føremålet. Den samla innsatsen til dei norske verdsarvområda er foreslått auka med 1 mill. kroner samanlikna med 2004. Innsatsen for å sikre nasjonalt viktige ruinar blir òg trappa opp i 2005, og tilskotsmidla til dette føremålet aukar med 3,5 mill. kroner. Regjeringa vil òg løyve meir midlar til dekning av kostnader til arkeologiske utgravingar grunna mindre private tiltak og har sett av 1,5 mill. kroner meir til dette føremålet for 2005. Regjeringa styrkjer arbeidet med istandsetjing av faste kulturminne langs kysten og vil leggje til rette for at bruk og vern av mangfaldet av kulturminne i kystsona skal medverke til verdiskaping. Det blir i denne samanhengen føreslått ein auke på 6 mill. kroner.
Regjeringa styrkjer satsinga for å redusere miljøbelastninga frå helse- og miljøfarlege kjemikaliar. Midlane til opprydding i forureina grunn og sediment og kartlegging av miljøgifter er auka monaleg frå 2001 til 2004. Arbeidet på dette området er framleis høgt prioritert, og løyvingane på feltet er auka med 15 mill. kroner, inkludert innsatsen for Vansjø. Midlane skal bl.a. nyttast til å følgje opp strategien for forureina grunn, der naudsynte oppryddingstiltak skal vere gjennomførte for om lag 100 prioriterte lokalitetar i løpet av 2005. Om lag 500 andre lokalitetar skal undersøkjast innan den same tidsfristen.
Regjeringa har varsla ei meir heilskapleg og økosystembasert forvaltning av hav-, kyst- og vassdragsområde. Det skal bl.a. lagast forvaltningsplanar for alle norske havområde, og EU sitt rammedirektiv for vatn skal gjennomførast. Regjeringa har styrkt dette arbeidet med 3 mill. kroner for 2005. Saman med andre departement utviklar Miljøverndepartementet no ein heilskapleg forvaltningsplan for Lofoten-Barentshavet. Arbeidet med naudsynte utgreiingar og ferdigstilling av planen vil bli prioritert. I samband med oppfølginga av rammedirektivet skal alle vassførekomstane i landet vere kartlagde og vurderte i 2005. Regjeringa vil prioritere arbeidet med å betre vasskvaliteten i Vansjø i Østfold, og har derfor sett av midlar til gjennomføring av ekstraordinære tiltak og til naudsynte utgreiingar i vassdraget.
Regjeringa ønskjer å leggje til rette for styrkt utvikling og bruk av miljøteknologi og medverke til at dette blir eit sentralt element for å møte viktige miljøutfordringar. Det blir føreslått å styrkje fokuset på miljøteknologi gjennom å satse på tiltak knytte til auka samarbeid med og informasjon til næringsliv og forsking, meir miljømedvitne offentlege innkjøp, kompetanseoppbygging og internasjonalt samarbeid.
Regjeringa styrkjer satsinga i polare strøk. Mellom anna vil forskingsstasjonen Troll i Antarktis frå 2005 bli oppgradert til heilårsstasjon. Vidare vil Svalbard miljøvernfond bli oppretta i 2005, med midlar frå gebyr, miljøerstatningar og tvangsmulkt. Kapitalen og avkastninga skal gå til miljøverntiltak på Svalbard. Inntekta er venta å bli om lag 5,4 mill. kroner i 2005, og auke året etter.
Miljøverndepartementet skal samordne oppfølginga av Regjeringa sin handlingsplan for universell utforming, 2005 – 2009. Målet for handlingsplanen er at personar med nedsett funksjonsevne skal få auka tilgjenge innafor transport, bygg og uteområde, informasjon og andre viktige samfunnsområde. Dei fleste tiltaka skal finansierast over sektorbudsjetta, og den årlege ramma vil være på meir enn 100 mill. kroner i handlingsplanperioden. I tillegg er det frå 2005 oppretta ein særskilt post på Miljøverndepartementets budsjett, kap. 1400, post 80 for å følgje opp sektorovergripande tiltak i planen. Ramma på denne posten er 19,4 mill. kroner i 2005.
1.2 Berekraftig utvikling og hovudfelt innanfor miljøvernpolitikken
Politikk for berekraftig utvikling
I Nasjonal strategi for bærekraftig utvikling, som Regjeringa la fram i juni 2002, er det overordna målet formulert slik:
«Den overordnede målsetningen for det norske samfunnet, og for verdenssamfunnet, er at utviklingen skal være økologisk, økonomisk og sosialt bærekraftig. Grunnlaget for vedvarende bruk av naturen og dens ressurser skal bevares. Innenfor disse rammene skal vi fremme en stabil og sunn økonomisk utvikling og et samfunn med høy livskvalitet, og bidra til at også verdens fattige får mulighet til materiell velferd og økt livskvalitet.»
Politikk for ei berekraftig utvikling er å forvalte dei menneskelege ressursane, dei menneskeskapte ressursane og natur- og miljøressursane slik at kommande generasjonar skal ha eit minst like godt grunnlag for framtidig velferd som vi har.
Dei største miljøtruslane verda står overfor i dag er:
Aukande konsentrasjon av klimagassar i atmosfæren. Vitskapen finn stadig sterkare indikasjonar på aukande temperatur og endringar i klimaet som følgje av menneskeleg aktivitet og særleg bruk av fossilt brensel.
Rask reduksjon i det biologiske mangfaldet på jorda som følgje av avskoging, ørkenspreiing, innføring av framande arter, skadelege landbruksmetodar og press på nøkkelområde for biologisk mangfald. Det biologiske mangfaldet er grunnlaget for produksjon av mat, klede, medisinar og andre livsnødvendige produkt. Biologisk mangfald styrkjer òg motstandskrafta i økosystema mot bråe endringar.
Stadig veksande bruk og aukande utslepp av helse- og miljøfarlege kjemikaliar, som berre svært sakte let seg bryte ned i naturen og derfor hopar seg opp i næringskjedene. Dette trugar både det biologiske mangfaldet, matforsyninga og helsa til kommande generasjonar.
Regjeringa følgjer no opp den nasjonale strategien med ein handlingsplan for berekraftig utvikling – Nasjonal Agenda 21 – som var eit eige kapittel i Nasjonalbudsjettet for 2004. Regjeringa har oppretta eit fast statssekretærutval leia av Finansdepartementet, og eit eige utval for å vidareutvikle eit sett indikatorar for berekraftig utvikling, og har styrkt og vidareutvikla samarbeidet med alle sektorar og samfunnsaktørar, som næringsliv, lokalforvaltning og frivillige organisasjonar.
Kampen mot menneskapte klimaendringar
Klimaproblemet er den største miljøutfordringa verda står overfor i dag. Regjeringa baserer den nasjonale klimapolitikken på arbeidet til FNs Klimapanel (Intergovernmental Panel on Climate Change – IPCC). Rapportane frå IPCC blir stadig tydelegare når det gjeld menneskeskapte klimaendringar: Spørsmålet er ikkje lenger omklimaendringar vil finne stad, men kvardei finn stad, kor store dei vil vere, og kor raskt dei skjer.
Det langsiktige målet i Klimakonvensjonen er å stabilisere konsentrasjonen av klimagassar på eit nivå som vil hindre farleg menneskeskapt påverknad av klimasystemet. Kyotoprotokollen frå 1997 er eit viktig første steg mot dette målet. Som eitt av dei første industrilanda ratifiserte Noreg Kyotoprotokollen i mai 2002. Russland må ratifisere protokollen for at den skal tre i kraft. Noreg arbeider aktivt for å starte prosessen for ytterlegare reduksjonar og eit meir globalt klimaregime etter 2012. Det har så langt synt seg vanskeleg å få i gang slike diskusjonar under Klimakonvensjonen.
Regjeringa gir høg prioritet til arbeidet med å redusere klimagassutslepp både globalt og nasjonalt, og det er teke betydelege steg framover i den nasjonale klimapolitikken. Det kan bl.a. visast til Tilleggsmeldingen om klima og tidleg norsk ratifikasjon av Kyotoprotokollen i 2002. Vidare vart det innført avgift på dei sterke klimagassane HFK og PFK frå 1. januar 2003 og ei refusjonsordning for dei same gassane frå 1. juli i år.
Det vart i mars i år oppnådd semje med prosessindustrien om eit opplegg for betydelege utsleppsreduksjonar for perioden fram til 2007. Regjeringa vil i haust leggje fram for Stortinget lovforslag om kvotehandel med klimagassar for perioden 2005 – 2007. Vidare er omlegginga av sluttbehandlingsavgifta for avfall ein viktig del av klimapolitikken. Formålet med denne omlegginga, som vart starta i samband med 2003-budsjettet og sluttført i Revidert nasjonalbudsjett for 2004, er å stimulere til energigjenvinning og reduserte utslepp av bl.a. klimagassar i samband med sluttbehandling av avfall.
Regjeringa arbeider vidare med omlegging av energiproduksjon og energibruk gjennom satsing på Energifondet og Enova. Eit mål er at bruken av mineraloljer til oppvarming skal reduserast med 25 prosent i den første Kyotoperioden, 2008-2012, jamført med gjennomsnittet for perioden 1996-2000. Regjeringa satsar òg på utvikling av teknologi for CO2-handtering, og fekk Stortinget si tilslutning til å opprette eit fond på 2 milliardar kroner for utvikling av miljøvennlege gassteknologiar i samband med Revidert Nasjonalbudsjett i vår.
Klimapolitiske tiltak er såleis spreidde på fleire departement utanom Miljøverndepartementet, i første rekke Olje- og energidepartementet (omlegging av energiproduksjon og energibruk) og Samferdsledepartementet (mellom anna kollektivtransport). Over Utanriksdepartementet sitt budsjett blir det løyvd midlar til internasjonale klima- og miljøtiltak.
Biologisk mangfald og vern
Mangfaldet av liv i naturen er grunnlaget for vår eksistens og avgjerande for verdiskaping, velferd og livskvalitet. I følgje FN er det globale tapet av biologisk mangfald no så høgt og omfattande at det vil undergrave ei berekraftig utvikling. På toppmøtet i Johannesburg vart det vedteke å redusere tapet av biologisk mangfald monaleg innan 2010. Vern av naturområde er eit viktig verkemiddel for å stanse tapet av biologisk mangfald i Noreg. Per 1. september 2004 er 11,3 pst. av fastlandsarealet i Noreg verna etter naturvernlova. I tillegg er om lag 2002 km2av sjøarealet vårt verna.
I 2004 er det per 1. september oppretta to nye nasjonalparkar, 14 landskapsvernområde og 40 naturreservat. Ein nasjonalpark er utvida.
I 2005 er det lagt opp til vern av følgjande område: Varangerhalvøya, Reinheimen, Øvre Dividal nasjonalpark (utviding), Naustdal/Gjengedal, Folgefonna, Hallingskarvet, Hyllingsdalen, Sørdalen/Isdalen, Visten/Lomsdal og Sylane. Statens naturoppsyn (SNO) er no til stades i mange av dei store nasjonalparkane og landskapsvernområda. Dette er særs viktig bl.a. for å sikre ein berekraftig bruk av verneområda. Med unntak for to område vil resten av dei fylkesvise verneplanane bli gjennomførte i 2005.
Det er stipulert at om lag halvparten av artane i Noreg lever i skog. I tillegg gjer store geografiske og klimatiske forskjellar at ein har stor variasjon i skogtypar, også skogtypar som er sjeldne internasjonalt. Den gamle barskogplanen er no gjennomført i tråd med Stortinget si behandling av St.meld. nr. 40 (1994-95) Opptrapping av barskogvernet fram mot år 2000.I St.meld. nr. 25 (2002-2003) Regjeringens miljøvernpolitikk og rikets miljøtilstand som vart lagt fram våren 2003, la Regjeringa fram ein strategi for framtidig vern av skog. R egjeringa aukar midlane til skogvern betydeleg i 2005.Det er planlagt vernevedtak i 2005 for 16 skogområde som har vore på sentral høyring. Dette er område med store naturkvalitetar som er viktige for bevaring av biologisk mangfald. Og av omsyn til grunneigarane er det viktig med snarleg sluttbehandling av desse områda som har vore bandlagde i lang tid. Pilotprosjektet for frivillig vern i samarbeid med Noregs Skogeigarforbund har høg prioritet, og ein planlegg vernevedtak for aktuelle område i 2005. I 2005 vil ein òg gjere dei første vedtaka om utvida skogvern på Statskog SF sitt areal. Vidare har departementet starta ein prosess for å vurdere vern av Trillemarka-Rollag Østfjell, i nært samarbeid med aktuelle partar.
Arbeidet med å utvikle eit nytt forvaltningssystem for biologisk mangfald, jf. St.meld. nr. 42 (2000-2001) vil halde fram. Ein artsdatabank vart etablert i januar 2004, og det nasjonale programmet for kartlegging og overvaking av biologisk mangfald har komme godt i gang. Det regjeringsoppnemnde Biomangfaldlovutvalet vil leggje fram si innstilling i løpet av 2004. I rovdyrforvaltninga vil ein føre vidare arbeidet med tiltak innan førebygging og konfliktdemping med utgangspunkt i Stortinget si behandling av St.meld. nr. 15 (2003-2004) Rovvilt i norsk natur. Midlar til førebygging blir vidareførte på same nivå som i 2004. Ei forvaltningsforskrift om dei regionale nemndene si mynde og fordeling av nasjonale bestandsmål på dei fastsette regionane og ei erstatningsforskrift vil bli sende på høyring i løpet av hausten 2004.
Kampen mot helse- og miljøfarlege kjemikaliar
Arbeidet med helse- og miljøfarlege kjemikaliar er eit satsingsområde for Regjeringa. Fordi problema knytte til helse- og miljøfarlege kjemikaliar i stor grad er internasjonale, er det internasjonale arbeidet på kjemikalieområdet særleg viktig. Regjeringa vil påverke utviklinga av kjemikalieregelverket i EU, og vere pådrivar for styrkte internasjonale avtaler om miljøgifter regionalt og globalt.
Samtidig er det viktig også å redusere utslepp og bruk av helse- og miljøfarlege kjemikaliar nasjonalt. Regjeringa vil derfor gi høg prioritet til innsatsen mot helse- og miljøfarlege kjemikaliar i 2005. Det blir særleg lagt vekt på å auke kartlegginga av miljøgifter, både i naturen og i produkt. Det vil bli laga ytterlegare handlingsplanar for å auke innsatsen mot utslepp av miljøgifter som utgjer særlege utfordringar, som f. eks. kvikksølv.
Forureina sediment og forureina grunn
Det vart i St.meld. nr. 12 (2001-2002) Rent og rikt hav lagt fram ein heilt ny heilskapleg strategi for det vidare arbeidet med opprydding i forureina sediment. Strategien er utforma med tre parallelle løp: 1) å hindre spreiing av miljøgifter frå høgrisikoområde og hamner med spreiingsfare, 2) å sikre heilskaplege grep regionalt gjennom fylkesvise tiltaksplanar, og 3) å skaffe auka kunnskap gjennom pilotprosjekt, forsking, overvaking og etablering av eit nasjonalt råd. Denne politikken blir følgt opp aktivt og vil vere høgt prioritert i 2005, saman med arbeidet med forureina grunn. Det viktigaste verkemiddelet er pålegg etter forureiningslova til den ansvarlege forureinaren. Staten vil medverke med midlar til opprydding der det ikkje er mogleg å identifisere dei ansvarlege, eller der det ikkje er rimeleg å påleggje dei ansvarlege dei fulle kostnadane, og til kunnskapsoppbygging og nødvendig overvaking på feltet.
Reint og rikt hav
I St.meld. nr. 12 (2001-2002) Rent og rikt hav foreslo Regjeringa ein ny og meir heilskapeleg havmiljøpolitikk. Regjeringa sitt forslag om å utvide territorialgrensa frå 4 til 12 nautiske mil, som vart vedteke i Stortinget i 2003 og trådde i kraft 1. januar 2004, gir høve til å føre skipstrafikken lenger ut frå kysten enn i dag. Regjeringa ser dette som eit viktig tiltak, særleg i lys av den auka oljetransporten frå Russland. Regjeringa varsla i havmiljømeldinga at det vil bli etablert heilskaplege, økosystembaserte forvaltningsplanar for alle norske havområde. Formålet med desse forvaltningsplanane er å etablere rammevilkår som gjer det mogleg å balansere næringsinteressene knytte til fiskeri, sjøtransport og petroleumsverksemd innanfor ramma av ei berekraftig utvikling.
Introduksjon av framande og skadelege organismar via utslepp av ureinsa ballastvatn frå skip nær kysten kan gi store skadar på marine økosystem og næringar. Den internasjonale konvensjonen om ballastvatn vart vedteken av FN sin skipsfartsorganisasjon IMO i februar 2004. Regjeringa vil leggje vekt på rask ratifikasjon og gjennomføring av konvensjonen i norsk rett.
Ei viktig utfordring i våre havområde er trusselen om radioaktiv forureining. Utsleppet av det radioaktive stoffet technetium-99 frå Sellafield er no kraftig redusert, og nivåa i norske farvatn vil venteleg minke tilsvarande i løpet av få år. Noreg vil framleis arbeide for å avgrense radioaktive utslepp og faren for ulukker som kan føre til forureining i norske havområde, bl.a. gjennom atomsamarbeidet med Russland, OSPAR-konvensjonen og arbeidet innanfor det internasjonale atomenergibyrået IAEA.
Det reine og fiskerike Barentshavet er under press, særleg frå den aukande oljetransporten. I det bilaterale miljøvernsamarbeidet med Russland vil Noreg særleg arbeide for å sikre ei berekraftig forvaltning av Barentshavet.
I samband med utvidinga av territorialgrensa frå 4 til 12 nautiske mil, har vernegrensa for dei store naturvernområda på Svalbard auka tilsvarande. Eit unntak er verneområdet på Bjørnøya, der ei utviding av grensa i sjø vil bli vurdert særskilt. Miljøverndepartementet har òg starta opp eit planarbeid med sikte på å opprette eit verneområde på Jan Mayen. Framlegget om vern av Jan Mayen vil bli sendt på høyring i 2005.
Arbeidet med bevaring av det marine biologiske mangfaldet må òg få auka merksemd, bl.a. ved oppretting av marine beskytta område.
Heilskapleg forvaltningsplan for Barentshavet
Utviklinga av ein heilskapleg forvaltningsplan for Barentshavet er høgt prioritert av Regjeringa. Havområdet Lofoten – Barentshavet er blant dei reinaste og rikaste i verda. Forvaltningsplanen for Barentshavet skal leggje rammer slik at miljøet i Lofoten – Barentshavet blir sikra for kommande generasjonar, samtidig som det blir lagt til rette for ei berekraftig utnytting av ressursar i havområdet. Erfaringane frå arbeidet med forvaltningsplanen vil vere viktige for utvikling av tilsvarande forvaltningsplanar for andre norske havområde.
Dei sentrale elementa i ei ny heilskapleg og økosystembasert forvaltning av Barentshavet er å: Etablere mål for ønskt miljøtilstand, vurdere dei samla konsekvensane av menneskelege aktivitetar på miljøet, avvege dei ulike brukarinteressene og fastsetje rammer for total påverknad frå menneskelege aktivitetar, slik at ikkje miljøet sine tolegrenser bli overskridne. I tillegg er eit viktig moment å involvere ulike interessegrupper i utviklinga av forvaltningsplanen.
Avfall
Regjeringa vil vidareføre ein aktiv og ambisiøs avfallspolitikk. Det har skjedd store endringar innan avfallsfeltet dei seinare åra, og det kan visast til ei svært positiv utvikling. Utsleppa er betydeleg reduserte, og attvinninga aukar. I dag blir opp mot 70 pst. av avfallet anten gjenvunne som material eller utnytta til energi. Likevel gjenstår det viktige utfordringar. Farleg avfall utgjer ei særleg utfordring, både i forhold til å redusere mengda farleg avfall som oppstår, og ikkje minst i forhold til å redusere mengda farleg avfall som blir dumpa eller behandla utanom styresmaktene sin kontroll. Regjeringa vil derfor forsterke innsatsen knytt til farleg avfall.
Ei anna hovudutfordring er å medverke til at avfallsstraumane i endå større grad blir kanaliserte vekk frå deponia og over til material- og energiattvinning. På denne måten blir miljøbelastningane reduserte, samtidig som avfallet kan utnyttast som dei ressursane det faktisk består av. Framleis blir det deponert om lag 1 million tonn nedbryteleg avfall, og det skaper store utslepp av klimagassen metan. Regjeringa vil bl.a. arbeide for at avfallet skal spele ei meir sentral rolle i klima- og energipolitikken. Avfall som blir nytta til energi kan erstatte fossilt brensel og samtidig redusere klimagassutslepp frå deponering.
Bruk og bevaring av kulturminne
Kulturminne og kulturmiljø representerer store verdiar både for den enkelte og for samfunnet. Eit viktig mål for Regjeringa er å redusere tapet av kulturminne og å ta kulturminna i bruk som bidrag til kunnskap og opplevingar for den enkelte, og som ressurs i samfunnsutviklinga. Regjeringa tek sikte på å leggje fram ei melding om kulturminnepolitikken tidleg i 2005. Her vil Regjeringa komme nærare tilbake til korleis utfordringane innan kulturminnepolitikken skal løysast i eit lengre perspektiv og korleis verkemidla vil bli innretta i denne samanhengen. Viktige satsingsområde i den nye kulturminnepolitikken vil bli utvikla i samarbeid mellom Miljøverndepartementet, Kultur- og kyrkjedepartementet, Utdannings- og forskingsdepartementet, Kommunal- og regionaldepartementet, Nærings- og handelsdepartementet, Landbruks- og matdepartementet, Fiskeri- og kystdepartementet og Utanriksdepartementet.
Dei økonomiske verkemidla i kulturminnepolitikken vil Regjeringa komme tilbake til i dei årlege budsjettframlegga for Stortinget. I 2005-budsjettet blir satsinga på kulturminna ført vidare og styrkt, og det er starta ei opptrapping som vil vere viktig i den nye kulturminnepolitikken.
For å styrkje verneinnsatsen og skape meir effektive samarbeidsformer mellom offentleg og privat sektor, vart det i 2002 oppretta eit kulturminnefond. Midlar frå fondet skal utløyse midlar til kulturminnevern også frå privatpersonar, næringsliv og andre. Erfaringane frå tildelingane frå fondet i 2003 og 2004 viser at fondet har utløyst monaleg meirinnsats frå private aktørar.
Friluftsliv
Friluftsliv er eit fellesgode som er kjelde til god livskvalitet, auka trivsel, betre folkehelse og berekraftig utvikling. Forsking tyder på at nordmenn har eit sterkt forhold til friluftsliv. Regjeringa legg stor vekt på å sikre friluftsområde og verne naturområde for å gi allmenta sjansen til rike naturopplevingar, og for at eit friluftsliv basert på allemannsretten skal haldast i hevd i alle lag av folket.
No er det særleg viktig å sikre område i kystsona for friluftsfolket, bl.a. dei eigedomane som forsvaret og andre statlege eigarar ikkje lenger har trong for. Dette er eit positivt verkemiddel som er konfliktdempande.
2005 er Friluftslivets år. Friluftslivets fellesorganisasjon (FRIFO) skal koordinere innsatsen og vil setje friluftslivet på dagsorden i alle lokalmiljø. Barn og unge er den primære målgruppa i Friluftslivets år. Dette er i tråd med Friluftslivsmeldinga som legg opp til å styrkje innsatsen overfor barn og barnefamiliar, med særleg fokus på dei som sjeldan eller aldri tek del i friluftsliv og fysiske aktivitetar. Ein viktig føresetnad for dette er gode høve til trygg ferdsel, leik og annan aktivitet i varierte og samanhengande grønstrukturar ved bustader, skular og barnehagar.
Betre miljø i byar og tettstader
St.meld. nr. 23 (2001-2002) om betre miljø i byar og tettstader blir følgt opp gjennom pilotprosjekt på sentrale område. Arbeidet omfattar byomforming, utvikling av sentrumsområde og miljøsoner i større byar og utvikling av miljøvennlege og attraktive tettstader i distrikta. Det skjer i samarbeid med kommunar, lokalt næringsliv og befolkninga. Regjeringa legg opp til å auke innsatsen, bl.a. i Groruddalen som er definert som miljøsone.
Likeverd og tilgjenge, ein del av eit berekraftig samfunn.
Miljøverndepartementet vil følgje opp stortingsvedtaket om utforming av ein handlingsplan for betre tilgjenge i samband med St.meld. nr. 40 (2002-2003) Nedbygging av funksjonshemmende barrierer. Likeverd for alle grupper i samfunnet er ein viktig dimensjon i eit berekraftig og demokratisk samfunn. Handlingsplanen skal byggje på strategien om universell utforming som den viktigaste vegen til betre tilgjenge.
Handlingsplanen blir koordinert av Miljøverndepartementet i samråd med Arbeids- og sosialdepartementet, og innanfor rammer gitt av Statssekretærutvalet for den sameinte politikken for funksjonshemma. Planen inneheld ulike tiltakstypar og vil rette seg mot ulike forvaltningsnivå, offentlege og private instansar og organisasjonar. Enkelte tiltak vil bli knytte til internasjonalt arbeid.
Innanfor Miljøverndepartementet sine resultatområde er det framlegg om å fremje betra tilgjenge gjennom:
Styrking av kommunal planlegging og lokalt arbeid med berekraftig utvikling
Pilotprosjekt innanfor by- og tettstadutviklinga
Forvaltning og utvikling av kulturminne, kulturmiljø, natur- og friluftsområde
Utvikling av regelverk, standardar og datagrunnlag
Rettleiing og opplæring i bruk av plan- og bygningslova.
Internasjonal innsats for miljøvern
Stadig fleire avgjerder som er viktige for den norske miljøtilstanden og den norske miljøvernpolitikken, blir tekne utanfor landets grenser. Samtidig er dei alvorlegaste miljøutfordringane globale, og for å løyse dei er det naudsynt å styrkje det forpliktande internasjonale samarbeidet. Regjeringa vil leggje vekt på å sjå dei internasjonale utfordringane samla. Frå norsk side vil det bli fokusert på gjennomføringa av Johannesburg-planen og FN sine tusenårsmål gjennom oppfølginga av det norske formannskapet i FN sin kommisjon for berekraftig utvikling (CSD).
Omsynet til å oppfylle internasjonale plikter i miljøvernavtaler skal ha høg prioritet. Dette gjeld særleg innanfor klima, biologisk mangfald og miljøgifter. Det er vidare strategisk viktig å bruke dei internasjonale miljøfora til identifisering av mål og verkemiddel. Noreg vil arbeide for å styrkje miljøprogrammet i FN (UNEP). Dette er viktig bl.a. for å gjere UNEP betre i stand til å ha ei sterkare politisk rolle i det internasjonale miljøsamarbeidet.
EU er vår viktigaste samarbeidspartnar på miljøområdet. Noreg tek om lag 80 pst. av EU si miljølovgjeving gjennom EØS-avtala. Miljøverndepartementet legg derfor vekt på å kunne påverke regelverk som er under utvikling i EU. Miljø er òg eit satsingsområde i EØS-finansieringsordningane og Regjeringa ønskjer gode miljøprogram i avtalene med mottakarlanda. Det er vidare viktig å sikre at andre internasjonale avtalar utanfor miljøfeltet ikkje avgrensar våre plikter og mogelegheiter til å setje i verk nasjonale miljøtiltak.
Regjeringa vil arbeide for å styrkje satsinga på miljø i norsk utviklingssamarbeid og betre integrering av miljø i all norskfinansiert bistand.
Den norske satsinga på miljø i nordområda vil framleis stå sentralt.
Rett til miljøinformasjon
Rett til miljøinformasjon er gitt eit særskilt vern i grunnlova. For å styrkje denne retten er det vedteke ei ny samla lov om rett til miljøinformasjon og deltaking i offentlege avgjerdsprosessar med innverknad på miljøet (miljøinformasjonslova), som trådde i kraft 1. januar 2004. Lova inneber ei plikt for både offentlege styresmakter og offentlege og private verksemder til å gi ut miljøinformasjon.
For å bidra til å sikre at lova blir overhalden har Regjeringa oppnemnt ei eiga uavhengig klagenemnd som trådde i funksjon 1. januar 2004. Klagenemnda for miljøinformasjon behandlar klager over avslag på innsyn hos private verksemder. Klage over avslag på miljøinformasjon frå offentlege organ følgjer offentleglova sitt system med klage til overordna organ.
Kunnskapsbasert miljøvernpolitikk
Arbeidet for berekraftig utvikling krev eit godt kunnskapsgrunnlag om naturressursar og miljø. Kartlegging, overvaking og forsking gir ny kunnskap, samtidig som ulike aktørar må dele kunnskap om samanhengar og trugsmål. Oppbygging av kunnskap gjennom forsking og overvaking har vore viktig for mange nyvinningar på miljøområdet, f.eks. for det forpliktande internasjonale samarbeidet for reduksjon av sur nedbør.
Miljøforskinga gjer oss merksame på nye miljøtrugsmål og set søkjelyset på samanhengar mellom menneskeleg aktivitet og miljøtilstanden. Forskingsresultat er derfor viktige for utviklinga av miljøvernpolitikken, så vel nasjonalt som internasjonalt. Forskinga er òg eit viktig fundament for å utvikle miljøovervakinga, ved at denne kan skje målretta og kostnadseffektivt.
Miljøverndepartementet si rolle i miljøvernpolitikken
Miljøverndepartementet si rolle som sektorovergripande samordnar av Regjeringa sin miljøvernpolitikk skal vidareførast og styrkjast. Dette er viktig for å medverke til legitimitet og tillit til avgjerdsprosessar der sterke særinteresser er involverte. Utforming av sektorovergripande miljøkvalitetsmål, og avveging og samordning av ulike interesser innanfor rammene av desse miljømåla, er ei nøkkelrolle. For havområda er denne rolla til f.eks. tydeleggjort ved at Miljøverndepartementet er tillagt hovudansvaret for utarbeidinga av heilskaplege forvaltningsplanar, i første omgang heilskapleg forvaltningsplan for Barentshavet. Sentrale og sektorovergripande verkemiddel for å gjennomføre miljømåla er viktig for å kunne sjå miljøtiltaka i dei ulike sektorane i samanheng. Slike overgripande verkemiddel er eksempelvis tillagt miljøvernstyresmaktene gjennom ansvaret for forureiningslova, naturvernlova, for utarbeiding av ei ny biomangfaldlov og for ei lov om kvotesystem for klimagassar.
2 Budsjettvise satsingar på andre departement sine område
For å oppnå ei berekraftig utvikling må miljøomsyn integrerast i alle delar av samfunnet. Dette stiller krav både til utforminga av den overordna økonomiske politikken og til politikken i dei enkelte sektorane. Samtidig må ein samordne tiltak og verkemiddel i sektorane slik at dei kan gi lågare miljøbelastning og redusert ressursbruk. Alle departement har ansvar for at aktiviteten på deira område ikkje gir unødige miljøbelastningar, og for å drive miljøarbeid i tråd med Regjeringa sine overordna miljøvernpolitiske mål.
Tabellen nedanfor viser utgifter til miljøverntiltak i statsbudsjettet for 2005, fordelt på departement. Regjeringa har lagt følgjande kriterier til grunn for å avgrense miljøverntiltak:
utgiftene må i sin heilskap nyttast til miljøforbetringar, eller
miljøomsynet må vere avgjerande for at tiltaket/prosjektet blir gjennomført, eller
utgiftene skal motverke negative miljøeffektar av sektorpolitiske tiltak elles (førebyggjande tiltak)
Det vil alltid vere eit betydeleg innslag av skjønn i slike oppstillingar. Mange tiltak har fleire grunngivingar og skal medverke til å nå ulike mål, noko som kan gjere det vanskeleg å skilje ut miljødelen på ein eintydig måte. Endra definisjonar eller omorganiseringar i departementa kan òg føre til at tala ikkje fullt ut kan jamførast frå eitt år til det neste. Dei tala som her er presenterte må derfor tolkast med varsemd.
På dette grunnlaget er dei samla utgiftene til miljøtiltak på statsbudsjettet for 2005 berekna til omlag 17 256 mill. kroner.
Dette er ein monaleg auke frå 2004, då dei tilsvarande løyvingane utgjorde omlag 16 128 mill. kroner.
Kvart departement gjer òg greie for sine miljøsatsingar i 2005 i deira eigne budsjettproposisjonar. For nærare omtale blir det vist til desse.
Det er viktig å vere merksam på at miljøvernpolitikken ikkje berre kjem til uttrykk gjennom løyvingar og budsjettpostar. Arbeid for eit betre miljø omfattar òg avgjerder som ikkje har direkte budsjettkonsekvensar. Dette kan vere å hindre miljøskadelege inngrep i naturen, innføring av reformer og regelendringar som skal gjere det lettare å ta miljøomsyn i offentleg og privat planlegging, og skattar og avgifter på miljøskadeleg produksjon og forbruk.
Fiskeri- og kystdepartementet harsett av 584,9 mill. kroner til miljøtiltak i 2005. Dette er ein auke på 17 mill. kroner i høve til 2004. Det vil bli lagt vekt på kartlegging og overvaking av biologisk mangfald. Dette er ei oppfølging av Regjeringa sin handlingsplan for biologisk mangfald, jf. St. meld. nr. 42 (2000-2001) og EU sitt rammedirektiv for vatn. Fiskeri- og kystdepartementet vil samarbeide med Miljøverndepartementet om å gjere ferdig ordninga med nasjonale laksevassdrag og laksefjordar. Arbeidet med forvaltningsplanen for Barentshavet blir ført vidare, bl.a. i form av å førebu miljøkvalitetsmål og fastsetje miljøindikatorar.
Landbruks- og matdepartementet aukar miljøinnsatsen i budsjettet for 2005 til 4 335 mill. kroner. I 2004 var tilsvarande tal 3 111 mill. kroner. Størstedelen av desse løyvingane (over 85 pst.) går over Jordbruksavtala. Av dette igjen utgjer areal- og kulturlandskapstilskotet det største enkelttiltaket. Den sterke auken frå 2004 heng i stor grad saman med at heile areal- og kulturlandskapstilskotet frå 2005 er rekna som miljøtiltak. Men det er òg vekst i løyvingane til areal- og ressursregistrering i jord- og skogbruket og til miljøovervaking av skogskadar.
Samferdsledepartementet nytter 5 215 mill. kroner til miljørelaterte tiltak i 2005, mot 5 890 mill. kroner i 2004. Den største enkeltposten er Vedlikehald og investeringar i jernbanenettet der det i 2005 blir brukt 2 450 mill. kroner. Det nye dobbeltsporet for jernbana på strekninga Sandvika-Asker skal etter planen takast i bruk hausten 2005. Jernbaneverket får ein nominell budsjettreduksjon på 600 mill. kroner i 2005. Dette har samanheng med at jernbanen sin infrastruktur er føreslått inkludert i meirverdiavgiftssystemet, noko som er berekna å gi ein vinst på 600 mill. kroner på heilårsbasis. Løyvingane er derfor tilsvarande redusert. Korrigert for den venta vinsten av meirverdiavgiftsreformen i jernbanesektoren medfører løyvingsforlaget same nivå på jernbaneinvesteringane som i 2004. Det er ein auke i løyvingane til forsking (bl.a. hydrogen som drivstoff) og til belønning til storbyar med vellukka satsing på kollektivtrafikktiltak.
Justisdepartementetproioriterer arbeidet med å avdekkje og å motverke miljøkriminalitet. For 2005 er det berekna at om lag 73 mill. kroner går til miljørelaterte tiltak. Alvorleg miljøkriminalitet skal ha høg prioritet i politiet sitt arbeid. Politidirektoratet skal i 2005 bl.a. utarbeide ein tiltaksplan for arbeidet mot miljøkriminalitet. Dei ulike politidistrikta skal utarbeide eller revidere sårbarheitsanalysar. Politiet skal setje i verk tiltak for å avgrense ulovleg snøskuter- og barmarkskøyring, som er eit aukande miljøproblem. På Svalbard driv Sysselmannen inspeksjonsarbeid som grunnlag for å gripe inn overfor konkrete miljøtrugsmål og for å overvake aktivitetar, slitasje og liknande.
Olje- og energidepartementet har sett av vel 459 mill. kroner til miljøtiltak i 2005, som er ein auke på 83 mill. kroner frå året før. Denne auken kjem bl.a. av ei sterkt utvida satsing på forsking i skjæringsfeltet mellom energi og miljø, der forsking på hydrogen som energikjelde står sentralt. Energifondet (som blir forvalta av Enova) får ei netto inntektsauke på 95 mill. kroner i 2005. Dette skjer ved at påslaget på nettariffen blir sett opp. Samtidig fell løyvingane over statsbudsjettet bort. I samsvar med ny avtale mellom departementet og Enova skal Enova medverke til ny miljøvennleg energiproduksjon og energisparing tilsvarande 12 TWh innan utgangen av 2010. Dette er ein auke på 2 TWh i høve til den tidligare avtalen.
Det blir og føreslått større løyvingar til Investeringsfondet for klimatiltak i Austersjø-området. Til dette føremålet blir det sett av 7,6 mill. kroner i 2005, noko som er ein auke på 3,6 mill. kroner frå året før.
Forsvarsdepartementet har berekna sine miljørelaterte utgifter til 475 mill. kroner i 2005. Dei største løyvingane, og den største veksten kjem på Kystvakten sitt budsjett.
Nærings- og handelsdepartementet aukar dei miljørelaterte løyvingane frå vel 202 mill. kroner i 2004 til nærare 241 mill. kroner i 2005. Det er i første rekkje løyvingane til Noregs forskingsråd som veks, frå 73 mill. kroner i 2004 til 99 mill. kroner i 2005.
Utanriksdepartementet har sett av 1 997 mill. kroner til miljørelarerte tiltak i 2005. Tilsvarande tal for 2004 var 1 666 mill. kroner. Den sterke auken kjem i hovudsak frå finansieringsordningar i det utvida EØS, der miljøtiltak inngår som ein viktig del. Til slike tiltak blir det løyvd 228 mill. kroner i 2005. Miljøretta bistand får òg ein betydeleg vekst i 2005, frå 1 334 mill. kroner i 2004 til 1 451 mill. kroner.
Utdannings- og forskingsdepartementetaukar sin miljøinnsats frå 448,5 mill. kroner i 2004 til 485 mill. kroner i 2005. Denne auken kjem først og fremst frå løyvingar til Noregs forskingsråd (frå 67 til 77 mill. kroner) og til større miljørelaterte avsetjingar til Fondet for forsking og nyskaping.
Finansdepartementet legg fram ein stortingsproposisjon om skatte- og avgiftsopplegget. I 2005 blir det blant anna fremja forslag om eit ekstra avgiftsincentiv på 4 øre per liter for svovelfri bensin og 5 øre per liter for svovelfri autodiesel, for å stimulere til tidleg innføring av slikt drivstoff. Regjeringa vil òg frita hydrogenbilar utan miljøskadelege utslepp for eingongs- og årsavgift.
Tabell 2.1 Miljøverntiltak i statsbudsjettet 2005
(i mill. kroner) | ||
---|---|---|
Departement: | Budsjett 2004 *) | Forslag 2005 |
Arbeids- og sosialdepartementet 1 | - | - |
Barne- og familiedepartementet | 4,0 | 4,0 |
Finansdepartementet | 18,2 | 7,1 |
Fiskeri- og kystdepartementet | 567,8 | 584,9 |
Forsvarsdepartementet | 458,8 | 475,0 |
Helse- og omsorgsdepartementet | 107,9 | 103,0 |
Justisdepartementet | 55,3 | 73,3 |
Kommunal- og regionaldepartementet | 73,5 | 63,0 |
Kultur- og kyrkjedepartementet | 526,9 | 546,9 |
Landbruks- og matdepartementet | 3 111,0 | 4335,0 |
Miljøverndepartementet 2 | 2 465,9 | 2506,5 |
Moderniseringsdepartementet 3,4 | 156,0 | 160,0 |
Nærings- og handelsdepartementet | 202,4 | 240,8 |
Olje- og energidepartementet | 375,9 | 459,1 |
Samferdsledepartementet | 5 890,0 | 5215,0 |
Utanriksdepartementet 5 | 1 666,0 | 1 997,0 |
Utdannings- og forskingsdepartementet | 448,5 | 485,0 |
Sum alle departementa | 16 128,1 | 17 255,6 |
* Denne kolonnen inneheld tal både frå budsjettproposisjonen 2004 og saldert budsjett. For dei fleste departementa er det bra samsvar mellom desse tala. For nokre departement er det imidlertid visse avvik.
1 Arbeids- og sosialdepartementet har ikkje budsjettpostar som fell inn under miljøomgrepet slik det her er definert
2 Miljøverndepartementet sine budsjettal omfattar i denne samanhengen i vel halvdelen av utgiftene til Statens kartverk. Årsaka til dette er at denne etaten tener ei rekkje føremål i tillegg til dei miljøfaglege.
3 Tala omfattar ikkje Statsbygg/rehabilitering av verneverdige statlege bygningar. Enøk-tiltak i regi av Statsbygg er tekne med.
4 Omfattar òg utgifter til drift av fylkesmannen si miljøvernavdeling
5 Norsk bistandspolitikk byggjer på standardar som er fastsette i OECD/DAC. Definisjonen av miljøverntiltak avvik noko frå Miljøverndepartementet sin definisjon.
For ei meir detaljert beskriving av miljøverntiltak på andre departement sine budsjett, blir det vist til omtale i budsjettproposisjonane frå dei enkelte departementa. Denne omtalen omfattar:
ei beskriving av utfordringar knytte til miljø- og ressursforvaltninga på departementet sitt ansvarsområde
ei beskriving av mål for departementet sitt arbeid med desse utfordringane
ein rapport om oppnådde resultat i 2003
ei beskriving av ressurs- og miljøtiltak i budsjettforslaget for 2005.
3 Organisasjonsendring, fornyingsarbeid og likestilling
3.1 Organisering
Miljøverndepartementet er overordna styresmakt for Statens kartverk, Statens forureiningstilsyn, Direktoratet for naturforvaltning, Riksantikvaren, Norsk Polarinstitutt, Produktregisteret og Norsk kulturminnefond. Det statlege miljøvernarbeidet blir regionalt ivareteke av miljøvernavdelingane hos Fylkesmannen og sysselmannen på Svalbard. Etatar som Statens strålevern, Sjøfartsdirektoratet og Innovasjon Noreg har oppgåver innanfor miljøvernområdet som Miljøverndepartementet styrer.
Det har ikkje vore store endringar i organiseringa av miljøvernforvaltninga i perioden, men organisasjonen til Statens kartverk har hatt ei stor omlegging frå hausten 2003 fram til våren 2004, jf. St.meld. nr. 30 (2002-2003) Norge digitalt – et felles fundament for verdiskapning. Konsekvensane for økonomi og personell er gjort greie for under programkategori 12.50 om Kart og geodata.
I St.prp. nr. 63 (2003-2004) Tilleggsbevilgninger og omprioriteringer i statsbudsjettet medregnet folketrygden, foreslo Miljøverndepartementet å endre nemninga på styret i produktregisteret til «råd» for å få betre samsvar med styret si faktiske rolle. Som følgje av dette vart instruksen for Produktregisteret oppheva og styret nedlagt med verknad frå 1. august 2004.
Årsverksoversikt
Ei samla årsverksoversikt per 1. mars 2004, fordelt på Miljøverndepartementet og underliggjande etatar, finst i tabell 4.1 under kap. 4.
3.2 Oversikt over fornyingsarbeidet
Enklare regelverk
Rydding og samordning av regelverk gjer det meir tilgjengeleg for den enkelte brukar, noko som igjen kan medføre spart tids og vinst for miljøet. Miljøverndepartementet har gjennomført eit omfattande forenklingsarbeid innanfor sitt eige regelverk ved at det 1. juli 2004 trådde i kraft tre forskrifter om forureining, produkt og avfall. Forskriftene erstattar 50 tidlegare forskrifter på området.
Miljøverndepartementet arbeider med å utarbeide generelle forureiningskrav til industrien som skal erstatte fleire hundre enkeltløyve. Det vil bli stilt krav til støy, støv og lukt, og spesifikke bransje- og prosesskrav. Arbeidet er svært omfattande og er av den grunn forseinka. Det er teke sikte på at høyring av føresegnene kan skje i løpet av 2004.
Forslag til ny forskrift om utslepp frå avløpsanlegg var på høyring hausten 2003. For å oppnå eit endå meir standardisert og heilskapleg regelverk, er forslaget vidareutvikla. Miljøverndepartementet tek sikte på å sende forslag til ny og meir heilskapleg regulering av utslepp av avløpsvatn på høyring i løpet av hausten 2004. Som ledd i gjennomføringa av EU-forordninga om ozonreduserande stoff (forordning (EF) 2037/2002), nytta Miljøverndepartementet høvet til å samle regelverket om slike stoff, slik at talet på forskrifter kunne reduserast frå sju til ei. For brukarane av regelverket representerer derfor den nye forskrifta ei forenkling. I samband med reduksjonen av forskriftene under forureiningslova er det òg gjort framlegg om å leggje ozonforskrifta under den nye produktforskrifta.
Regjeringa har i løpet av perioden redusert talet på råd og utval på departementet sine område frå 16 til 10.
Enklare planlegging
Ved endring av plan- og bygningslova er det med verknad frå 1. juli 2003 innført nye reglar om fristar i planlegginga når det gjeld motsegn til og behandling av reguleringsplanar. Det er utarbeidd forskrift om redusert gebyr dersom ikkje kommunen held fristen for behandling av private reguleringsplanar. Forslag om lovendringar slik at ein berre kan fremje motsegn eller klage på same forholdet ein gong vart vedteke av Stortinget våren 2004. Lovendringane er sette i verk frå 1. juli 2004. Det er også fremja endringar i føresegnene om konsekvensutgreiingar som følgje av EU-direktiv på området. Lovendringane og nye forskrifter vil bli sette i verk i 2005. Det vil bli lagt fram forslag om å avvikle den sentrale godkjenninga av fylkesplanar.
Byggsøk Plan
Arbeidet med å leggje til rette for elektronisk plansaksbehandling både hos private planleggjarar og i kommunane er godt i gang. I 2004 vil det bli utvikla prototypar for saksbehandling, som vil medverke til meir effektiv kommunikasjon mellom planleggjarar og kommunen som forvaltningsorgan. Det vil òg bli lagt vekt på å få fram rettleiing om innhald og utforming av planar i digital form. Når desse hjelpemidla blir tekne i bruk, vil dei nye reglane om tidsfristar lettare kunne følgjast opp.
Omstrukturering av Statens kartverk
Statens kartverk har fått eit hovudansvar for å gjennomføre dei fleste tiltaka som er foreslått i kartmeldinga. Eit hovudgrep er å etablere Noreg digitalt som driftsløysing, der datainnhald, medverkande partar, økonomi og avtaler blir avklarte, slik at Noreg digitalt er fullt ut operativt og inne i budsjetta til medverkande etatar frå 2005. Kartverket har følgt opp St.meld. nr. 30 (2002-2003) om norsk kartpolitikk ved å effektivisere verksemda, bl.a. ved å redusere talet på distriktskontor frå 18 til 12 og redusere bemanninga sentralt og regionalt frå 600 til 450. Dette skal etter kvart gi rom for auka kjøp av tenester og større fleksibilitet i arbeidet med produksjon av data.
Arbeidet med innføringa av tinglysinga i Statens kartverk blir ført vidare.
Vidareutvikling av produktregisteret
Produktregisteret, Giftinformasjonen og GRIP (Senter for berekraftig produksjon og forbruk) samarbeider om ein felles internettportal for formidling av informasjon om kjemikaliar (Produktinformasjonsbanken). I tillegg samarbeider Produktregisteret og Giftinformasjonen om å utarbeide elektronisk deklarering av farlege kjemikaliar. Vidare samarbeider dei nordiske produktregistra om deklarering og formidling av data.
Grøn stat
Grøn stat er eit prosjekt for å integrere miljøomsyn i drifta av statlege verksemder gjennom eit enkelt system for miljøleiing, integrert i det generelle styringssystemet. Fire hovudsatsingsområde er : innkjøp, transport (IKT), energi og avfallshandtering. Tilsvarande prosjekt er sette i gang i fleire OECD-land. Miljøleiing blir i aukande grad brukt også i det private næringslivet.
Målet er at innan utgangen av 2005 skal alle statlege etatar og verksemder ha innført miljøleiing som ein integrert del av styringssystemet. Gjennom prosjektet skal verksemdene enklare kunne ta miljøomsyn i eiga drift og oppfylle pliktene sine etter lov om offentlege kjøp og ny lov om miljøinformasjon.
Forenkling av rovviltforvaltninga
Rovviltforvaltninga skal forenklast og effektiviserast med sikte på å halde ved lag levedyktige bestandar av store rovdyr og redusere tapa for landbruket. Miljøverndepartementet er i gang med å utarbeide ei samordna forskrift om forvaltning av rovvilt. Det er lagt opp til ein overgang til ny erstatningsmodell for beitesesongen 2006. Departementet tek sikte på å heimle erstatning etter ny modell i ei forskrift. Erstatningsordninga består i dag av ei forskrift retta mot husdyr og ei retta mot tamrein.
Forenkling og effektivisering i forvaltninga av vilt- og innlandsfiskeressursar som kan haustast
Målet er at forvaltninga av desse ressursane i størst mogleg grad skal utøvast lokalt, slik at rettshavarane får eit større ansvar for forvaltninga av vilt- og fiskeressursar innanfor rammer som sikrar nasjonale målsetjingar. Forskriftene på dette området skal bli færre, enklare og kortare og skal i større grad fokusere på overordna mål som berekraftig hausting, fordelingspolitikk, kultur- og næringsutvikling. Som del av omlegginga skal den offentlege forvaltninga i større grad drive med målstyring, kvalitetssikring og kontroll i forhold til oppsette mål.
Forsøk med kommunal oppgåvedifferensiering på kulturminneområdet
Forsøk med kommunal oppgåvedifferensiering er sette i gang i kommunane Bergen, Stavanger og Kristiansand. Tiltaket skal gi meir og betre kulturminneforvaltning for tilsvarande ressursbruk som i dag. Forvaltningssystemet skal forenklast, ansvar skal gjerast tydeleg og det skal bli betre serviceyting overfor brukarane. Frå 1. januar 2004 er det overført ansvar og oppgåvemynde frå fylkeskommunen og staten til dei tre utvalde forsøkskommunane på heile kulturminneområdet. Forsøksordninga varer til 31. desember 2007.
3.3 Rapport om likestilling i miljøvernforvaltninga
Miljøvernforvaltninga er gjennom likestillingslova pålagt ei målretta og planmessig rolle for likestilling.
Likestilling internt i Miljøverndepartementet
Fordeling kvinner og menn
Kjønnsfordelinga i Miljøverndepartementet er 59 pst. kvinner og 41 pst. menn. Kjønnsfordelinga i avdelingane er stort sett jamn, men innan enkelte fagområde er det eine kjønnet overrepresentert. Ei forklaring kan vere at enkelte fagområde tradisjonelt er kvinne- eller mannsdominerte.
Det er noko fleire menn i leiarstillingar i departementet. På toppleiarnivå (departementsråd og ekspedisjonssjefar) er det tre (43 pst.) kvinner og fire (57 pst.) menn. På mellomleiarnivå (avdelingsdirektør og underdirektør) er det 47 pst. kvinner og 53 pst. menn. I gruppa høgtlønte rådgivarar (spesialrådgivar og seniorrådgivar) er det 40 pst. kvinner og 60 pst. menn. På saksbehandlarnivå (rådgivar, førstekonsulent og arkivleiar) er det 64 pst. kvinner og 36 pst. menn. For kontorstillingar er fordelinga 85 pst. kvinner og 15 pst. menn.
Rekruttering og omorganisering er viktige verkemiddel for å få jamnare fordeling av kjønn på ulike fagområde og nivå i organisasjonen.
Rekruttering
Ein gjennomgang av alle eksternt kunngjorde stillingar i 2003 viser at 54 pst. av den totale søkjarmassen var kvinner og 46 pst. av søkjarmassen var menn. Av desse vart det tilsett ni kvinner og fem menn.
Lønn
Leiarar på ekspedisjonssjef- og avdelingsdirektørnivå har jamn fordeling av lønn mellom kvinner og menn. Tilsvarande jamn fordeling finn vi for høgtlønte rådgivarar og saksbehandlarnivå. Det er heller ikkje lønnsforskjellar mellom kvinner og menn på kontornivå.
Totalt i departementet har menn ei gjennomsnittlig årslønn som er noko høgare enn kvinnene. Differansen i lønn mellom kvinner og menn skuldast hovudsakleg at det er fleire kvinner enn menn i lågare lønte stillingar, på kontornivå, og at det er fleire menn i høgtlønte seniorrådgivarstillingar.
I dei lokale lønnsforhandlingane etter hovudtariffavtala pkt. 2.3.3, har det dei siste åra vore ei jamn fordeling av forhandlingspotten. I siste forhandling gjekk 60,1 pst. av potten til kvinnene.
Hovudtyngda av forhandlingane etter hovudtariffavtala pkt. 2.3.4 var omgjeringar til høgare stillingskode. 71 pst. av omgjeringane gjaldt kvinner.
Arbeidstid
Dei fleste som arbeider deltid er kvinner, men desse har mellombels redusert si fulltidsstilling.
Overtidsbruken fordeler seg jamnt mellom kvinner og menn.
Tiltak som er sette i verk
Eit hovudmål i lønns- og personalpolitikken er å medverke til likestilling mellom kjønna.
Under dei lokale lønnsforhandlingane er det prioritert å skape jamn lønnsfordeling mellom kvinner og menn.
Rekruttering er det viktigaste verkemiddelet for jamnare fordeling av kjønn på ulike nivå i organisasjonen. Rekrutteringspolitikken er tilpassa målet om balanse mellom kvinner og menn på ulike stillingsnivå. I utlysingstekst som gjeld leiarstillingar blir kvinner oppmoda til å søkje dersom kvinner er i mindretal.
Miljøverndepartementet deltek i mentorprogram for yngre kvinnelege leiarar i regi av Statskonsult. Programmet tek sikte på å utvikle unge leiarar gjennom ein dialog med ein meir erfaren leiar. Metoden legg vekt på rettleiing og vekst gjennom diskusjon og samtale om leiarutfordringar.
Planlagde tiltak
Vi vil vidareføre og utvikle dei tiltaka som er sette i verk og som er nemnde ovanfor.
Likestilling i Miljøverndepartementet sine underliggjande etatar
Miljøverndepartementet sine underliggjande etatar har likestillingskrav i sine tildelingsbrev med tilhøyrande rapportering, bl.a. på sine måltal for kvinner i leiande stillingar.
4 Oversiktstabellar
4.1 Merknader til budsjettframlegget
Regjeringa foreslår ei samla løyving til Miljøverndepartementet på 2 705,5 mill. kroner. Nominelt er budsjettet auka med om lag 3,5 pst.
4.2 Utgifter:
Utgifter under programkategori 12.10 fordelte på kapittel
(i 1 000 kr) | |||||
---|---|---|---|---|---|
Kap. | Nemning | Rekneskap 2003 | Saldert budsjett 2004 | Forslag 2005 | Pst. endr. 04/05 |
1400 | Miljøverndepartementet (jf. kap. 4400) | 375.170 | 311.235 | 334.667 | 7,5 |
1410 | Miljøvernforsking og miljøovervaking (jf. kap. 4410) | 329.400 | 318.943 | 315.412 | -1,1 |
Sum kategori 12.10 | 704.569 | 630.178 | 650.079 | 3,2 |
Utgifter under programkategori 12.20 fordelte på kapittel
(i 1 000 kr) | |||||
---|---|---|---|---|---|
Kap. | Nemning | Rekneskap 2003 | Saldert budsjett 2004 | Forslag 2005 | Pst. endr. 04/05 |
1425 | Vilt- og fisketiltak (jf. kap. 4425) | 62.648 | 67.500 | 70.200 | 4,0 |
1426 | Statens naturoppsyn (jf. kap. 4426) | 87.300 | 92.545 | 100.656 | 8,8 |
1427 | Direktoratet for naturforvaltning (jf. kap. 4427) | 436.904 | 514.423 | 517.772 | 0,7 |
Sum kategori 12.20 | 586.851 | 674.468 | 688.628 | 2,1 |
Utgifter under programkategori 12.30 fordelte på kapittel
(i 1 000 kr) | |||||
---|---|---|---|---|---|
Kap. | Nemning | Rekneskap 2003 | Saldert budsjett 2004 | Forslag 2005 | Pst. endr. 04/05 |
1429 | Riksantikvaren (jf. kap. 4429) | 236.069 | 223.280 | 237.313 | 6,3 |
1432 | Norsk kulturminnefond (jf. kap. 4432) | 6.553 | 13.000 | 13.000 | 0,0 |
Sum kategori 12.30 | 242.622 | 236.280 | 250.313 | 5,9 |
Utgifter under programkategori 12.40 fordelte på kapittel
(i 1 000 kr) | |||||
---|---|---|---|---|---|
Kap. | Nemning | Rekneskap 2003 | Saldert budsjett 2004 | Forslag 2005 | Pst. endr. 04/05 |
1441 | Statens forureiningstilsyn (jf. kap. 4441) | 589.036 | 603.834 | 605.213 | 0,2 |
1444 | Produktregisteret | 14.971 | 14.203 | 14.637 | 3,1 |
1445 | Miljøvennlig skipsfart | 2.000 | |||
2422 | Statens miljøfond | 62.310 | 200 | -100,0 | |
Sum kategori 12.40 | 666.317 | 618.237 | 621.850 | 0,6 |
Utgifter under programkategori 12.50 fordelte på kapittel
(i 1 000 kr) | |||||
---|---|---|---|---|---|
Kap. | Nemning | Rekneskap 2003 | Saldert budsjett 2004 | Forslag 2005 | Pst. endr. 04/05 |
1465 | Statens kjøp av tenester i Statens kartverk | 354.883 | 321.323 | 336.323 | 4,7 |
2465 | Statens kartverk (jf. kap. 5491 og 5603) | 7.270 | 12.000 | 12.000 | 0,0 |
Sum kategori 12.50 | 362.153 | 333.323 | 348.323 | 4,5 |
Utgifter under programkategori 12.60 fordelte på kapittel
(i 1 000 kr) | |||||
---|---|---|---|---|---|
Kap. | Nemning | Rekneskap 2003 | Saldert budsjett 2004 | Forslag 2005 | Pst. endr. 04/05 |
1471 | Norsk Polarinstitutt (jf. kap. 4471) | 114.753 | 120.320 | 140.912 | 17,1 |
1472 | Svalbard miløvernfond (jf. kap. 4472) | 5.400 | |||
Sum kategori 12.60 | 114.753 | 120.320 | 146.312 | 21,6 |
4.3 Inntekter:
Inntekter under programkategori 12.10 fordelte på kapittel
(i 1 000 kr) | |||||
---|---|---|---|---|---|
Kap. | Nemning | Rekneskap 2003 | Saldert budsjett 2004 | Forslag 2005 | Pst. endr. 04/05 |
4400 | Miljøverndepartementet (jf. kap. 1400) | 5.902 | 1.425 | 1.473 | 3,4 |
4410 | Miljøvernforsking og miljøovervaking (jf. kap. 1410) | 4.000 | 4.000 | 4.000 | 0,0 |
Sum kategori 12.10 | 9.902 | 5.425 | 5.473 | 0,9 |
Inntekter under programkategori 12.20 fordelte på kapittel
(i 1 000 kr) | |||||
---|---|---|---|---|---|
Kap. | Nemning | Rekneskap 2003 | Saldert budsjett 2004 | Forslag 2005 | Pst. endr. 04/05 |
4425 | Refusjonar frå Viltfondet og Statens fiskefond (jf. kap. 1425) | 61.510 | 67.500 | 70.200 | 4,0 |
4426 | Statens naturoppsyn (jf. kap. 1426) | 393 | 114 | 118 | 3,5 |
4427 | Direktoratet for naturforvaltning (jf. kap. 1427) | 19.449 | 11.665 | 10.983 | -5,8 |
Sum kategori 12.20 | 81.352 | 79.279 | 81.301 | 2,6 |
Inntekter under programkategori 12.30 fordelte på kapittel
(i 1 000 kr) | |||||
---|---|---|---|---|---|
Kap. | Nemning | Rekneskap 2003 | Saldert budsjett 2004 | Forslag 2005 | Pst. endr. 04/05 |
4429 | Riksantikvaren (jf. kap. 1429) | 7.345 | 4.194 | 4.337 | 3,4 |
4432 | Norsk kulturminnefond (jf. kap. 1432) | 6.553 | 13.000 | 13.000 | 0,0 |
Sum kategori 12.30 | 13.898 | 17.194 | 17.337 | 0,8 |
Inntekter under programkategori 12.40 fordelte på kapittel
(i 1 000 kr) | |||||
---|---|---|---|---|---|
Kap. | Nemning | Rekneskap 2003 | Saldert budsjett 2004 | Forslag 2005 | Pst. endr. 04/05 |
4441 | Statens forureiningstilsyn (jf. kap. 1441) | 77.064 | 58.146 | 59.407 | 2,2 |
4444 | Produktregisteret (jf kap 1444) | 177 | |||
5322 | Statens miljøfond, avdrag | 33.262 | 14.000 | 10.300 | -26,4 |
5621 | Statens miljøfond, renteinntekter | 7.042 | 7.000 | 3.500 | -50,0 |
Sum kategori 12.40 | 117.546 | 79.146 | 73.207 | -7,5 |
Inntekter under programkategori 12.60 fordelte på kapittel
(i 1 000 kr) | |||||
---|---|---|---|---|---|
Kap. | Nemning | Rekneskap 2003 | Saldert budsjett 2004 | Forslag 2005 | Pst. endr. 04/05 |
4471 | Norsk Polarinstitutt (jf. kap. 1471) | 33.526 | 34.593 | 35.769 | 3,4 |
4472 | Svalbard miljøvernfond (jf. kap. 4472) | 5.400 | |||
Sum kategori 12.60 | 33.526 | 34.593 | 41.169 | 19,0 |
Utgifter fordelte på postgrupper
(i 1 000 kr) | |||||
---|---|---|---|---|---|
Post-gr. | Nemning | Rekneskap 2003 | Saldert budsjett 2004 | Forslag 2005 | Pst. endr. 04/05 |
01-01 | Driftsutgifter | 695.139 | 693.343 | 717.285 | 3,5 |
11-23 | Varer og tenester | 589.134 | 530.699 | 557.225 | 5,0 |
24-24 | Driftsresultat | -4.000 | |||
30-49 | Nybygg, anlegg m.v. | 197.540 | 278.385 | 294.673 | 5,9 |
50-59 | Overføringar til andre statsrekneskaper | 264.305 | 230.102 | 230.102 | 0,0 |
60-69 | Overføringar til kommunar | 28.267 | 6.000 | 5.500 | -8,3 |
70-89 | Overføringar til private | 880.380 | 874.277 | 900.720 | 3,0 |
90-99 | Utlån, avdrag m.v. | 26.500 | |||
Sum under departementet | 2.677.265 | 2.612.806 | 2.705.505 | 3,5 |
Inntekter fordelte på postgrupper
(i 1 000 kr) | |||||
---|---|---|---|---|---|
Post-gr. | Nemning | Rekneskap 2003 | Saldert budsjett 2004 | Forslag 2005 | Pst. endr. 04/05 |
01-29 | Sal av varer og tenester m.v. | 139.665 | 107.837 | 109.787 | 1,8 |
50-91 | Skattar, avgifter og andre overføringar | 114.637 | 107.800 | 108.700 | 0,8 |
Sum under departementet | 254.302 | 215.637 | 218.487 | 1,3 |
Oversikt over bruk av stikkordet «kan overførast»
Det er foreslått å knyte stikkordet «kan overførast» til dei postane som er viste i tabellen nedanfor. Dette er postar der det knyter seg stor uvisse til utbetalingsår, og for å kunne sikre utbetaling av tilsegn om tilskot gitt i 2004 og tidlegare år, må postane tilføyast stikkordet «kan overførast».
Under Miljøverndepartementet blir stikkordet foreslått knytta til desse postane utanom postgruppe 30-49
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Kap. | Post | Nemning | Overført til 2004 | Forslag 2005 |
1400 | 72 | Miljøverntiltak i nordområda | 300 | 7.000 |
1400 | 73 | Tilskot til kompetanseformidling og informasjon om miljøvennleg produksjon og forbruk | 23.713 | |
1400 | 74 | Tilskot til AMAP | 2.200 | |
1400 | 75 | Miljøvennleg byutvikling | 1.532 | 5.000 |
1400 | 76 | Støtte til nasjonale og internasjonale miljøtiltak | 8.371 | |
1400 | 78 | Miljøtiltak til nikkelverka på Kola | 99.800 | |
1400 | 80 | Tilskot til universell utforming og tilgjenge for alle | 19.400 | |
1425 | 61 | Tilskot til kommunale vilttiltak | 806 | 5.500 |
1425 | 70 | Tilskot til fiskeformål | 606 | 8.500 |
1425 | 71 | Tilskot til viltformål | 988 | 29.335 |
1426 | 30 | Tiltak i nasjonalparkane | 208 | 10.391 |
1426 | 31 | Tiltak i naturvern-, kulturlandskaps- og friluftsområde | 24 | 21.171 |
1426 | 32 | Skjergardsparkar o.a. | 408 | 13.195 |
1427 | 30 | Statlege tileigningar, bandlegging av friluftsområde | 18.216 | 34.405 |
1427 | 32 | Statlege tileigningar, fylkesvise verneplanar | 9.758 | 19.450 |
1427 | 33 | Statlege tileigningar, barskogvern | 100.956 | 56.868 |
1427 | 34 | Statlege tileigningar, nasjonalparkar | 1.889 | 5.100 |
1427 | 35 | Statlege tileigningar, nytt skogvern | 57.213 | |
1427 | 70 | Tilskot til kalking og lokale fiskeføremål | 1.347 | 80.200 |
1427 | 73 | Førebyggjande og konfliktdempande tiltak i rovviltforvaltninga | 1.891 | 32.000 |
1427 | 74 | Tilskot til friluftslivstiltak | 5 | 15.520 |
1427 | 77 | Tilskot til nasjonalparksenter | 11.400 | |
1427 | 78 | Friluftsrådas landsforbund og interkommunale friluftsråd | 5.300 | |
1429 | 72 | Vern og sikring av freda og verneverdige kulturminne og kulturmiljø | 110.230 | |
1429 | 73 | Brannsikring og beredskapstiltak | 1.055 | 10.953 |
1429 | 74 | Fartøyvern | 590 | 14.004 |
1429 | 75 | Internasjonalt samarbeid | 115 | 900 |
1441 | 39 | Oppryddingstiltak | 1.871 | 64.880 |
1441 | 65 | Tilskot til heilskapleg vassforvaltning | 1.445 | |
1465 | 21 | Betaling for statsoppdraget | 8.525 | 336.323 |
1471 | 21 | Spesielle driftsutgifter | 25.635 | |
1472 | 70 | Tilskot | 5.400 | |
2465 | 45 | Større utstyrsinnkjøp og vedlikehald | 4.230 | 12.000 |
Tabell 4.1 Oversikt over talet på årsverk per 1. mars 2004 under Miljøverndepartementet
Kapittel | Nemning | Tal årsverk |
---|---|---|
1400 | Miljøverndepartementet | 224 |
1427 | Direktoratet for naturforvaltning | 184 |
1429 | Riksantikvaren | 128 |
1441 | Statens forureiningstilsyn | 251 |
1444 | Produktregisteret | 19 |
2465 | Statens kartverk | 575 |
1471 | Norsk polarinstitutt | 110 |
1432 | Norsk kulturminnefond | 1 |
Sum | 1 492 |