St.prp. nr. 1 (2004-2005)

FOR BUDSJETTERMINEN 2005 — Utgiftskapittel: 1400–1472 og 2465 Inntektskapittel: 4400–4472, 5322 og 5621

Til innhaldsliste

Del 2
Omtale av Miljøverndepartementet sine mål og verkemiddel

5 Innleiing til del II

Tabell 5.1 viser planlagt disponering av Miljøverndepartementet sitt budsjett innanfor det enkelte resultatområde på tvers av ulike programkategoriar og kapittel. Tabellane inneheld rekneskapstal for 2003 og planlagt disponering av budsjetta for 2004 og 2005. Dei endringane som går fram av tabellen er ikkje berre eit resultat av opp- eller nedprioritering, men skuldast òg tekniske endringar. Dette vil gå fram av omtalen nedanfor der det både er fokusert på budsjettvise endringar og større tekniske omleggingar av budsjettet.

Miljøverndepartementet sitt budsjett aukar med 3,5 pst. samanlikna med saldert budsjett 2004. Regjeringa sine største satsingar på Miljøvern­departementet sitt budsjett for 2005 er innanfor områda friluftsliv, kulturminne og kulturmiljø, klima og regional planlegging. Auka på klima kjem som følgje av heilårlig verknad av refusjonsordninga knytte til HFK/PFK og auka på regional planlegging gjeld universell utforming.

Tabell 5.1 Miljøverndepartementet sin rekneskap og budsjett fordelt på resultatområde i åra 2003, 2004 og 2005.

 

(i 1000 kr)

Resultatområde

Rekneskap 2003

Saldert budsjett 2004

Budsjett- forslag 2005

Endring siste år i pst.

1.  Berekraftig bruk og vern av biologisk mangfald

543 770

625 882

625 473

-0,1 pst.

2.  Friluftsliv

69 910

83 500

97 170

16,4 pst.

3.  Kulturminne og kulturmiljø

222 976

201 359

215 345

7,0 pst.

4.  Overgjødsling, oljeforureining og akutte utslepp

69 237

41 306

48 986

18,6 pst.

5.  Helse- og miljøfarlege kjemikal

155 462

151 468

160 783

6,2 pst.

6.  Avfall og gjenvinning

398 346

395 874

359 084

-9,3 pst.

7.  Klimaendringar, luftforureining og støy

186 108

149 028

171 881

15,3 pst.

8.  Internasjonalt miljøvernsamarbeid og miljøvern i polarområda

184 089

175 492

195 017

11,1 pst.

9.  Regional planlegging

42 548

35 133

57 881

64,8 pst.

10.  Kart og geodata

301 640

279 914

280 624

0,3 pst.

11.  Områdeovergripande verkemiddel og felleoppgåver

503 178

473 850

493 261

4,1 pst.

Sum

2 677 264

2 612 806

2 705 505

3,5 pst.

6 Resultatområde 1: Berekraftig bruk og vern av biologisk mangfald

Definisjon og avgrensing

Resultatområdet omfattar bevaring av biologisk mangfald gjennom berekraftig bruk, vern og restaurering. Hovudårsakene til tap av biologisk mangfald er knytte til tap av biologiske nøkkelområde og endringar i arealbruk, forureining, spreiing av framande arter og overutnytting. Resultatområdet omfattar derfor òg arbeidet med å motverke negative miljøeffektar på det biologiske mangfaldet av desse påverknadene, med unntak av forureining som blir dekt av resultatområde 4-8. Bevaring av verdifulle geologiske førekomstar og ulike landskapskvalitetar inngår òg i resultatområdet. I tillegg dekkjer resultatområdet internasjonalt arbeid, bl.a. oppfølging av konvensjonar og andre internasjonale prosessar og avtaler for å sikre berekraftig bruk, vern og rettferdig fordeling av biologisk mangfald.

Strategisk mål

Naturen skal forvaltast slik at arter som finst naturleg blir sikra i levedyktige bestandar, og slik at variasjonen av naturtypar og landskap blir halden ved lag og gjer det mogleg å sikre at det biologiske mangfaldet får halde fram med å utvikle seg. Noreg har som mål å stanse tapet av biologisk mangfald innan 2010.

Nasjonale resultatmål, miljøvernforvaltninga sine arbeidsmål og resultatindikatorar samt statusbeskriving

Tabell 6.1 Mål- og indikatortabell for resultatområde 1 Berekraftig bruk og vern av biologisk mangfald

Nasjonale resultatmål

Miljøvernforvaltninga sine arbeidsmål

Miljøvernforvaltninga sine resultatindikatorar

1. Eit representativt utval av norsk natur skal vernast for kommande generasjonar.

1.1. Implementere arbeids­program om områdevern frå ­konvensjonen om biologisk mangfald (vedteken på COP7 i 2004) ved å etablere nettverk av terrestriske verneområde innan 2010.

Kvalitativ vurdering av arbeidet.

1.2. Sluttføre fylkesvise/ tematiske verneplanar i løpet av år 2006.

Talet på vedtekne fylkesvise verneplanar.

1.3. Auke skogvernet i tråd med Stortingets behandling av St.meld. nr. 25 (2002-2003) ­Regjeringens miljøvernpolitikk og rikets miljøtilstand, jf. Innst. S. nr. 46 (2003-2004).

Sum verna areal produktiv skog fordelt på naturgeografiske ­regionar.

Talet på nye skogvernområde som er vedtekne (etter 2002).

1.4. Gjennomføre nasjonalpark­planen gjennom å opprette 36 nye og utvide 14 eksisterande verne­område innan 2010.

Sum verna areal fordelt på naturgeografiske regionar.

Talet på nye verneområde som er vedtekne.

1.5. Etablere eit nettverk av marine område og andre marine område som er verna innan dei ulike biogeografiske regionane i kyst- og havområda innan 2012.

Talet på representative, særeigne, truga og sårbare naturtypar som inngår i dei marine verna områda i kvar biogeografiske region.

1.6. Sikre at naturverdiane i verneområda blir opprett- haldne.

Del av nasjonalparkar og store verneområde som har forvaltningsplan.

Del av verneområde med ­tilfredsstillande skjøtsel.

2. I truga naturtypar skal ein unngå inngrep, og i omsyns­krevjande naturtypar skal ein halde oppe viktige økologiske funksjonar.

2.1. Leggje til rette for kart- legging og overvaking av svært viktige område (A-område) og viktige område (B-område) for biologisk mangfald.

Areal og talet på A- og B-område for biologisk mangfald som er kartlagde.

Areal av A- og B-område fordelt på naturgeografisk variasjon.

2.2. Sikre at dei naturområda med urørt preg som er att blir tekne vare på.

Areal av inngrepsfrie naturområde.

2.3. Medverke til å halde ved lag truga, sårbare og omsyns-krevjande marine naturtypar.

Talet på truga, sårbare og omsynskrevjande naturtypar som er blitt kartlagde.

Omfang av marine naturtypar som er dokumentert skadde eller øydelagde (kvalitativ vurdering).

2.4. I samarbeid med aktuelle partar leggje til rette for at forvaltninga av vassdrag tek vare på omsynet til biologisk mangfald.

Kvalitativ vurdering av arbeidet.

2.5. Avgrense motorferdsel i utmark og vassdrag med sikte på å minimalisere påverknaden på naturmiljø, ved at ferdsla i større grad blir kanalisert til bestemte trasear og område.

Talet på dispensasjonar som er gitt.

3. Forvalte kulturlandskapet slik at kulturhistoriske og estetiske verdiar, biologisk mangfald og tilgjenge blir halde ved lag.

3.1. Medverke til at verdifulle kulturlandskap blir tekne vare på og haldne ved lag.

Tilstand og utvikling for dei nasjonalt prioriterte kulturlandskapa.

Tilstand og utvikling i kulturlandskapet innan jordbruket.

4. Hausting og annan bruk av levande ressursar skal ikkje føre til at arter eller bestandar blir utrydda eller truga.

4.1. Sikre at fastsetjing av for­svarlege nasjonale, regionale og lokale rammer for hausting av vilt- og fiskeressursane blir baserte på best mogeleg kunnskap om arter og bestandar.

Omfanget av bestandar som er truga av overutnytting.

4.2. Sikre at forvaltninga av vilt- og fiskeressursar som kan ut­nyttast innan 2006 som hovud­regel blir basert på driftsplanar utarbeidde i samarbeid med rettshavarar, kommunar og brukarar.

Delen av hjortevilt felt på vald med driftsplan/ bestandsplan.

Talet på driftsplanar for laksefisk som er lagt til grunn for forvaltninga.

5. Menneskeskapt spreiing av organismar som ikkje høyrer naturleg heime i økosystema skal ikkje skade eller avgrense økosystema sin funksjon.

5.1. Førebyggje utilsikta introduksjonar av framande artar og negative effektar av tilsikta introduksjonar gjennom meir dekkjande regelverk, informasjon og sektorsamarbeid.

Talet på kjende introduksjonar som er årsak til skade på miljøet.

5.2. Handtere reguleringa av utsetjing, under dette omsetning av genmodifiserte organismar, slik at det ikkje oppstår skade på helse og miljø.Kvalitativ vurdering av arbeidet.

6. Halde oppe eller byggje opp att truga arter og ansvarsarter til livskraftige nivå.

6.1. Medverke til å redusere presset på truga arter og ansvarsarter gjennom samarbeid med andre involverte partar.

Talet på raudlistearter totalt og raudlistearter som endrar raudlistekategori i utvalde naturtypar.

Talet på truga arter med utarbeidd handlingsplan.

Inngrep i villreinområde.

6.2. Sikre levedyktige bestandar av rovvilt gjennom målet om 65 årlege ynglingar av gaupe, 39 årlege ynglingar av jerv, 15 årlege ynglingar av bjørn, 3 årlege ynglingar av ulv og 850-1200 årlege hekkingar av kongeørn.

Talet på faktiske ynglingar av gaupe, jerv, bjørn og ulv siste år fordelt på dei åtte rovviltregionane.

Talet på hekkingar av kongeørn siste år fordelt på dei åtte rovvilt­regionane.

Talet på ulovlege fellingar av ­rovvilt fordelt på rovviltart.

6.3. Byggje opp at bestanden av fjellrev til eit livskraftig nivå.

Talet på vaksne individ av fjellrev.

Talet på ynglingar av fjellrev.

6.4. Sikre dei ville laksebestandane.

Endringar i bestandstilstand etter kategorisystemet for laksevassdrag.

7. Arbeidsmål som dekkjer alle dei nasjonale resultatmåla 1-6

7.1. Etablere eit nytt forvaltningssystem for biologisk mangfald i samarbeid med sektorane innan 2007, jf. St.meld. nr. 42 (2000-2001) Biologisk mangfoldved å: – gjennomføre eit nasjonalt program for kartlegging og over­vaking av biologisk mangfald, – vidareutvikle dei juridiske og økonomiske verkemidla, – sikre god informasjon.

Kvalitativ vurdering av arbeidet.

7.2. Medverke til sektordepartementa sitt arbeid med vern og berekraftig bruk av biologisk mangfald

Kvalitativ vurdering av arbeidet.

7.3. Leie og samordne det norske arbeidet med Konvensjonen om biologisk mangfald og andre internasjonale konvensjonar og prosessar som er relevante for å ivareta biologisk mangfald.Kvalitativ vurdering av arbeidet.

8. Disponere dei jordressursane som har potensial for produksjon av matkorn slik at ein tek omsyn til framtidige generasjonar sine behov.

Statusbeskriving

Tabell 6.2 Oversikt over område verna etter naturvernlova per 1. januar 2004.

 

Tal

Areal km2 (inkl. ferskvatn)

Pst av landarealet i Noreg (*)

Nasjonalparkar

2118 3955.7

Landskapsvernområde

13312 2843.8
Naturreservat1 6593 2861.0
Naturminne101120.00

Andre fredingsområde 2

981240.0

Sum

2 01234 091 10.5

* Fastlandet ekskl. Svalbard (verneområde på Svalbard er oppretta i medhald av svalbardmiljølova).

1 99 av desse naturminna er geologiske. I tillegg er ca. 180 tre/tregrupper freda som botaniske naturminne.

Gjeld plante-, fugle- og dyrefredingsområde (med biotopvern). Artsfreding utan biotopvern er innført på enkelte andre lokalitetar.

Per 1. september 2004 er 11,3 pst. av Noregs fastlandareal verna etter naturvernlova. I tillegg er ca. 2002 km2 av Noregs sjøareal verna. I 2004 er det per 1. september oppretta to nye nasjonalparkar og 14 landskapsvernområde. I tillegg er ein nasjonalpark utvida.

Arbeidsmål 1.1. Implementere arbeidsprogram om områdevern frå konvensjonen om biologisk mangfald (vedteke på COP7 i 2004) ved å etablere nettverk av terrestriske verneområde innan 2010.

Arbeidsprogrammets overordna mål er å etablere og halde ved lag effektivt forvalta og økologisk representative nasjonale og regionale system av verneområde. Dette skal vere på plass innan 2010 for landlege (terrestre) område og innan 2012 for marine område. Systema av verneområde er sentrale i arbeidet for å nå målet om stans i tapet av biologisk mangfald innan 2010.

Partslanda er bedne om å utarbeide måltal som kan etterprøvast. Biologisk mangfald må bevarast, både innanfor og utanfor verneområda, ved å fremje berekraftig bruk av naturressursar. Etablering, forvaltning og overvaking av verneområde bør skje med full og effektiv deltaking og respekt for urfolk og lokale samfunn.

Ei rekkje tiltak står sentralt i Noreg si oppfølging av vedtaket om områdevern, ikkje minst knytt til gjennomføring og evaluering av dei fylkesvise/tematiske verneplanane, gjennomføring av auka skogvern, gjennomføring av nasjonalparkplanen, arbeidet med marint vern og sikring av naturverdiane i verneområda. Denne oppfølginga er omtalt under arbeidsmåla 1.2 – 1.6.

Internasjonale plikter i andre konvensjonar står òg sentralt for å følgje opp dette arbeidsprogrammet, bl.a. Ramsarkonvensjonen om våtmarker, Bernkonvensjonen om vern av europeisk natur og konvensjonen om vern av det marine miljø i det nordlege Atlanterhavet (OSPAR). Direktoratet for naturforvaltning står sentralt i dette arbeidet i Noreg.

Det er brei europeisk semje om å opprette eit paneuropeisk nettverk av verneområde. Under Bernkonvensjonen om vern av europeisk natur er dette følgt opp gjennom at partane skal utpeike område til eit europeisk nettverk av verneområde kalla Emerald Network. Noreg starta i 2003 eit systematisk arbeid med dette, bl.a. ved å gjennomgå aktuelle norske arter og naturtypar, med sikte på innmelding av norske område. Nettverket har mykje til felles med EUs nettverk av verneområde kalla Natura 2000, som er viktig for oppfølging av deira habitat- og fugledirektiv.

Innan PEBLDS pågår arbeid for å etablere eit nettverk av viktige verneområde (PEEN, Pan European Ecological Network). Det skal på nasjonalt nivå bl.a. gjerast analysar av kva slags natur­typar som er mangelfullt dekte opp av vern, og rapporterast på dette i 2006.

Arbeidsmål 1.2. Sluttføre fylkesvise/tematiske verneplanar i løpet av år 2006.

I 2003 vart det fatta vernevedtak for verneplan for edellauvskog i Møre og Romsdal og verneplan for sjøfugl i Nord-Trøndelag, samt at verneplan for Jærstrendene vart revidert. I tillegg vart Amdam naturreservat i Møre og Romsdal revidert.

For 2004 er det fram til 1. september fatta vernevedtak for verneplan kyst i Troms og verneplan for myr i Sogn og Fjordane.

I løpet av hausten 2004 tek ein sikte på at det blir fatta vernevedtak for følgjande område: Verneplan for sjøfugl i Sør-Trøndelag, supplerande vern i Oslofjorden (delplanar for Vestfold og Telemark) og enkeltområda Kvitsanden (Sør-Trøndelag), Slevdalsvatn (Vest-Agder) og Nord-Talgje (Rogaland). For 2005 er følgjande fylkesvise verneplanar planlagt etablerte: Supplerande vern for Oslofjorden (delplanar for Østfold, Buskerud, Oslo og Akershus), verneplan for rike lauvskogar i Troms, verneplan for rike lauvskogar i Finnmark og verneplan for sjøfugl i Møre og Romsdal. I tillegg tek ein sikte på at det blir fatta vernevedtak for verneplan Smøla (Møre og Romsdal), Hasseltangen-Ruakerkilen (Aust-Agder) og Vikanbukta (Nord-Trøndelag).

Målet om gjennomføring av fylkesvise verneplanar er blitt utsett eitt år frå 2005 til 2006. Utsetjinga skuldast to område – verneplan for myr i Finnmark og verneplan for edellauvskog Sogn og Fjordane – som er planlagt vedtekne i 2006. I 2005 er det elles planlagt vernevedtak for dei andre gjenståande fylkesvise verneplanane. Då vil ein ha nådd målet i St.meld. nr. 68 (1980-81) om gjennomføring av fylkesvise, tematiske verneplanar for tema edellauvskog, myr, våtmark og sjøfugllokalitetar. I medhald av St.meld. nr. 42 (2000-2001) Biologisk mangfold og St.meld. nr. 25 (2002-2003) Regjeringens miljøvernpolitikk og rikets miljøtilstandskal det i 2005 setjast i gang ei evaluering av korleis ulike naturtypar er fanga opp i det tematiske vernearbeidet. Evalueringa vil gi grunnlag for internasjonal rapportering m.a. til Konvensjonen om biologisk mangfald, til Bern-konvensjonen og PEBLDS (Pan-european biodiversity and landscape diversity strategy)(jf. arbeidsmål 1.2).

Arbeidsmål 1.3. Auke skogvernet i tråd med Stortinget si behandling av St.meld. nr. 25 (2002-2003) Regjeringens miljøvernpolitikk og rikets miljøtilstand, jf. Innst. S. nr. 46 (2003-2004).

To nye skogvernområde, Skjellingshovde (Oppland) og Fugglia (Hedmark), er vedtekne i 2004.

Hovudstrategien i arbeidet for auka skogvern er å sikre kvalitet i vernearbeidet. I dette arbeidet blir dialog og samhandling med skogeigare i stor grad vektlagt. For 2005 vil følgjande bli prioritert:

  • Vernevedtak for 16 «meldepliktsområde» som har vore bandlagde i lang tid.

  • Vernevedtak for område i pilotprosjektet ­Frivillig vern. I 2004 er det òg starta opp nye ­frivillig vern-prosjekt for kystgranskog i Midt-Noreg og for andre akuttsaker og enkelt­område. Desse sakene vil bli vidareførte i 2005.

  • Vernevedtak for Statskog-areal.

  • Oppstart/vidareføring av andre frivillig vern-prosessar og andre verneprosessar på Statskog-areal.

  • Vidareføring av verneprosessen for Trillemarka-Rollag Østfjell, med sikte på vernevedtak tidleg i 2006.

Det er verna ca. 800 km2 produktiv skog i Noreg. For talet på produktiv skog fordelt på naturgeo­grafiske regionar, sjå tabellen under.

Tabell 6.3 Verna produktiv skog fordelt på regionar og vegetasjonssoner (jf. Moen 1998) Tal i km2

Aust-Noreg

Vest-Noreg

Midt-Noreg

Nord-Noreg

Finnmark

Nemoral og boreonemoral

98

18

2

Sørboreal

15

6

15

0

Mellomboreal

132

44

71

30

Nordboral og alpin

51

18

16

126

100

Samla

296

86

104

156

100

Arbeidsmål 1.4. Gjennomføre nasjonalparkplanen gjennom å opprette 36 nye og utvide 14 eksisterande verneområde innan 2010.

Per 1. september 2004 er 23 av i alt 50 verneframlegg i nasjonalparkplanen gjennomførte. I 2003 vart det fatta vernevedtak for Femundsmarka, Øvre Pasvik, Møysalen, Børgefjell, Rondane/Dovre og Frafjordheiane.

I 2004 er følgjande verneområde oppretta per 1. september: Junkerdal nasjonalpark, Skarvan og Roltdalen nasjonalpark, Lyngsalpan landskapsvernområde, Nordkvaløya – Rebbenesøy landskapvernområde og utviding av Ånderdalen nasjonalpark (dei to sistnemnde som del av kystverneplanen for Troms). I tillegg er følgjande verneplanar planlagt sluttførte i 2004: Blåfjella-Skjækerfjella (Verdal/Snåsa/Lierne), Lierne (Hartkjølen), Geiranger/Herdal, Bleia, Gutulia (utviding av nasjonalparken), Ytre kystsone Flekkefjord og Ytre kystsone Kristiansand-Mandal, Ålfotbreen og Seiland (dei to siste kan bli overførte til 2005).

Størst del av alt verna areal i Noreg finn vi i fjellområda. Verna areal i Noreg utgjer ca. 22 pst. av alpin sone og ca. 9 pst. av nordboreal sone. Minst verna areal finn vi i låglands- og skogsområde. Delen verna areal i nemoral sone er 2,8 pst., i boreonemoral sone 1,8 pst., i sørboreal sone 1,6 pst. og i mellomboreal sone 3,3 pst..

I 2005 er det lagt opp til vern av følgjande område: Varangerhalvøya, Reinheimen, Øvre Dividal (utviding av nasjonalpark), Naustdal/Gjengedal (desse fire første er overførte frå 2004 grunna ulike forseinkingar i saksbehandlinga), Folgefonna, Hallingskarvet, Sørdalen/Isdalen, Visten/Lomsdal, Hyllingsdalen og Sylane. Statens naturoppsyn (SNO) er no tilstades i mange av dei store nasjonalparkane og landskapsvernområda i Sør-Noreg. SNO har i 2004 oppretta stillingar i følgjande område: Dovrefjell og Sunndalsfjella nasjonalpark (NP), Dovre NP, Rondane NP, Forollhogna NP og Nærøyfjorden landskapsvernområde (LVO). Oppsynet er òg styrkt i Børgefjell NP, Junkerdalen NP og i Møysalen NP gjennom tenestekjøp frå Statsskog Fjelltenesta. Det blir òg kjøpt oppsynstenester frå fjelloppsynet til fjellstyra. Per 1. september 2004 er det autorisert ti nasjonalparksenter, av desse har Reisa nasjonalparksenter (Halti) mellombels autorisasjon. Etter den nasjonale gjennomføringsplanen står det att å etablere slike senter i Saltdal, Lierne, Røros/Elgå og Rosendal. Styrkinga av budsjettet i 2004 har gjort det mogleg å betre framdrifta i arbeidet med å etablere nye senter. Det vil bli utarbeidd ein ny strategi for staten sin medverknad i utbygging og drift av nasjonalparksenter.

Arbeidsmål 1.5. Etablere eit nettverk av marine område og andre marine område som er verna innan dei ulike biogeografiske regionane i kyst- og havområda innan 2012.

Arbeidet med ein marin verneplan vart sett i gang i 2001. Det nasjonale rådgivande utvalet la fram ei førebels tilråding om område og restriksjonsnivå i februar 2003, og si endelege tilråding i juni 2004. Endeleg framlegg til verneplan skal utarbeidast av Direktoratet for naturforvaltning i samarbeid med bl.a. Fiskeridirektoratet, og det er teke sikte på ferdigstilling i 2006/2007.

Arbeidsmål 1.6. Sikre at naturverdiane i verneområda blir haldne ved lag.

Område verna i medhald av naturvernlova skal forvaltast i tråd med verneformålet slik at verneverdiane blir haldne ved lag. Alle kommunar i landet har tidlegare fått tilbod om å overta forvaltningsansvar for naturreservat, naturminne og landskapsvernområde. Fram til mai 2004 hadde Direktoratet for naturforvaltning delegert forvaltningsansvar for verneområde i om lag 50 kommunar som utan atterhald hadde takka ja til tilbodet. I tillegg er det som eit prøveprosjekt delegert forvaltningsmynde til kommunar for nokre område i nasjonalparkplanen. Til saman er det om lag 70 kommunar som har fått delegert forvaltningsmynde for verneområde.

Regjeringa viser òg til omtalen av bruk av verneområda i lokal næringsutvikling og verdiskaping i St.prp. nr. 65 (2002-2003). Regjeringa går inn for at desse områda skal kunne nyttast meir i turistutvikling. Forvaltningsplanar for nasjonalparkar og andre verneområde skal leggje grunnlaget for dette. Forbodet mot kommersiell aktivitet i vernevedtektene for nasjonalparkane Saltfjellet-Svartisen, Reisa og Jotunheimen vart oppheva i oktober 2003. Det er òg i gang naturbruksprosjekt med utgangspunkt i vern i nokre fylke. Det gjeld bl.a. Sogn og Fjordane, der ein tek for seg slike utfordringar med eigne prosjekt i Veitastrond og Hyen. Departementet har støtta desse prosjekta økonomisk. 7 av 23 nasjonalparkar har godkjent forvaltningsplan, og fleire er under utarbeiding. Det eksisterer forvaltningsplanar for 10 andre store verneområde og verneområde som ligg inntil nasjonalparkar. I løpet av 2004 vil det vere starta arbeid med forvaltningsplanar for ytterlegare 10-15 store verneområde eller verneområdekompleks. I 2004 blir det utført naturoppsyn av SNO eller gjennom tenestekjøp av Fjelltenesta og andre i 1 325 verneområde. Av desse blir det gjennomført skjøtsel i 284 område. I tillegg kjem oppsyn og skjøtsel organisert gjennom fylkesmennene og kommunane.

Arbeidsmål 2.1. Leggje til rette for kartlegging og overvaking av svært viktige område (A-område) og viktige område (B-område) for biologisk mangfald.

I St.meld. nr. 42 (2000-2001) Biologisk mangfold. Sektoransvar og samordning, er det lagt opp til å etablere eit nytt kunnskapsbasert forvaltningssystem for biologisk mangfald. Systemet inneber ei statleg samordning av juridiske og økonomiske verkemiddel, der desse er retta mot dei viktigaste områda for biologisk mangfald.

Område med stor verdi for biologisk mangfald blir identifiserte gjennom det tverrsektorielle arbeidet i Nasjonalt program for kartlegging og overvaking. I tillegg kjem den løpande kartleggings- og overvakingsaktiviteten.

Utdannings- og forskingsdepartementet etablerte i januar 2004 ein artsdatabank i samarbeid med aktuelle departement.

I løpet av 2004 vil nesten alle kommunar vere i gang med eller ha avslutta første gongs kartlegging av dei viktigaste områda for biologisk mangfald i kommunane. Til no har naturtypekartlegging vore prioritert. Det står enno att mykje kartleggingsarbeid på lokalitetar for raudlistearter, i saltvatn og i ferskvatn, før målsetjinga er nådd. Data frå kartlegginga skal inngå i nasjonale fagsystem og vere offentleg tilgjengelege. Det blir viktig i tida framover å få kvalitetssikra desse data. Utviklinga av det nye forvaltningssystemet vil leggje til rette for at kommunane blir endå meir sentrale i forvaltninga av biologisk mangfald i Noreg, bl.a. gjennom behandlinga av planar og enkeltsaker etter plan- og bygningslova.

Når kommunane er ferdige med kartlegginga si, blir områda lagt inn i Naturbasen. Det er førebels lagt inn naturtypedata for ca. 1/4 av kommunane i Naturbasen. Per august 2004 ligg det inne i alt 18 880 A- og B-område frå den kommunale kartlegginga av biologisk mangfald. Naturtypeområda dekkjer 5 pst. av totalt areal i dei kartlagde kommunane. Spennvidda i prosentdekninga i dei ulike kommunane er stor, bl.a. fordi det varierar i kva grad kommunane har kartlagt heile arealet sitt. Datagrunnlaget er for lite til å vise fordeling av A- og B-område på naturgeografiske regionar. I kartlegginga er areal som er truga av inngrep prioriterte, og det er derfor kartlagt lite i fjellområda. Etter planen skal naturtype- og artsdata for dei fleste kommunane i landet vere lagt inn i Naturbasen i løpet av 2005. Det vil då vere mogleg å angi korleis dei kartlagde områda fordeler seg på naturgeografiske regionar.

Arbeidsmål 2.2. Sikre at gjenverande naturområde med urørt preg blir tekne vare på.

Status for inngrepsfrie naturområde (område som ligg meir enn ein kilometer unna tyngre tekniske inngrep) i Noreg (INON) er oppdatert per januar 2003, og ajourførte kart og statistikk blir lagt ut på nettet i 4. kvartal 2004 (www.dirnat.no/inon). Denne oversikta blir ajourført med jamne mellomrom, og viser blant anna utviklinga for desse områda frå 1998 til 2003, og kva for sektorar som er ansvarlege for bortfall av desse områda.

Arbeidsmål 2.3. Medverke til å halde ved lag truga, sårbare og omsynskrevande marine naturtypar.

Kartlegging av marine naturtypar etter handbok for kommunane er starta. Handboka omfattar 17 naturtypar. Kartlegginga vil medverke til at kommunane kan ta omsyn til disse naturtypane. Så langt er kartlegginga starta gjennom pilotprosjekt i nokre kommunar.

Det er gjort lite kartlegging av skadar på marine naturtypar. Havforskingsinstituttet arbeider med kartlegging av korallrev langs norskekysten. Ut frå kunnskap innhenta gjennom denne kartlegginga er det estimert at 30-50 pst. av Lophelia-reva i norske farvatn er øydelagt av fiskeriaktivitetar.

Arbeidsmål 2.4. I samarbeid med aktuelle partar leggje til rette for at forvaltninga av vassdrag tek vare på omsynet til biologisk mangfald.

I samarbeid med relevante sektorar skal miljøstyremaktene ta vare på omlegging av Samla plan for vassdrag og utveljing av nasjonale laksevassdrag og nasjonale laksefjordar. Ved oppfølging gjennom planrettleiing både ved kommuneplanlegginga og den regionale planlegginga, er det eit mål at verneverdiane i verna vassdrag blir tekne omsyn til. Gjennom konsesjonssystemet vil miljøstyremaktene både sentralt og regionalt arbeide for at biologisk mangfald blir teke omsyn til i ulike former for bruk av vassressursane. Dette gjeld òg ved revisjon av eldre konsesjonar.

Gjennom arbeidet med karakterisering av vassførekomstar i EU sitt rammedirektiv for vatn vil ein få fram mykje god kunnskap om biologisk mangfald knytt til vatn. Dette arbeidet tok til i 2002. I 2003 vart det gjennomført karakterisering av åtte vassområde, som eit prøveprosjekt. I 2004 har ein starta opp ei grovkarakterisering av alle vassførekomstar, med utgangspunkt i nasjonale datasett. Departementet legg til grunn at karakteriseringsarbeidet fullførast i 2005.

Arbeidsmål 2.5. Avgrense motorferdsel i utmark og vassdrag med sikte på å minimalisere påverknaden på naturmiljø ved at ferdsla i større grad blir kanalisert til bestemte trasear og område.

Det totale talet på snøskuterar per 31. desember 2002 var 52 200. Per 31. desember 2003 hadde talet stige til 53 599. Talet på barmarkkøyretøy (All Terrain Vehicles – ATV) har auka kraftig, frå 295 nyregistrerte køyretøy i 1995 til 1773 i 2003 (alle tal frå Opplysningsrådet for vegtrafikk). Dette indikerer at omfanget av motorferdsel i utmark har auka.

Talet på dispensasjonar gitt i medhald av motorferdselslova og den nasjonale forskrifta er tilgjengeleg som KOSTRA-rapportering.

Åtte kommunar deltek i ei forsøksordning som skal gi grunnlag for betre styring av motorferdsel i utmark. Ved å kople kommunale planprosessar og planvedtak saman med lokal politikk for motorferdsel vil Regjeringa prøve om formålet med motorferdsellova kan bli betre oppfylt. Dette vil auke medvitet rundt dei verdiane som bruk av motorkøyretøy i utmark kan komme i konflikt med. Norsk institutt for naturforsking (NINA) følgjer gjennomføringa i dei enkelte kommunane med tanke på å bringe fram ei evaluering av prosessane og i kva grad målsetjingane blir oppfylte. Departementet har forlenga forsøket til 1. mai 2005 for å få eit best mogeleg grunnlag for evalueringa som blir sluttført i 2005.

Statens naturoppsyn har gjennomført målretta oppsyns- og kontrolltiltak, oftast i samhandling med lokalt politi. Barmarkskjøring har hatt særleg prioritet. I 2003 vart 169 tilfelle av ulovleg motorferdsel meldt til politiet, etter kontrollar av SNO.

Det er god grunn til å gi barmarkkjøringa større merksemd framover. Det blir registrert eit stadig større tal terrenggåande køyretøy, og det kan vere naudsynt å gjennomføre ein informasjonskampanje for å klargjere regelverket, og vurdere presiseringar i det same regelverket.

Arbeidsmål 3.1. Medverke til at verdifulle kulturlandskap blir tekne vare på og haldne ved lag

Ei oppdatert oversikt over dei høgast prioriterte områda (ca. 300) i Nasjonal registrering av verdifulle kulturlandskap er gjort lettare tilgjengeleg for andre sektorar gjennom Internett og Naturbasen. I 2004 er det arbeidd vidare med å avklare ansvaret mellom Riksantikvaren, Direktoratet for naturforvaltning og Statens landbruksforvaltning for områda, og for å få gjort område av meir regional verdi tilgjengelege på Internett. Det har vore sterkt fokus på den supplerande kartlegginga av biologisk mangfald i kulturlandskapet (Nasjonalt program for kartlegging og overvaking) i 2004. Dette vil halde fram i 2005. Mykje av arbeidet knytt til å halde ved lag verdifulle kulturlandskap er elles integrert i andre resultatmål og oppgåver.

Arbeidsmål 4.1. Sikre at fastsetjing av forsvarlege nasjonale, regionale og lokale rammer for hausting av vilt- og fiskeressursane er baserte på best mogeleg kunnskap om arter og bestandar.

Vilt- og fiskeressursane i Noreg er forvalta etter føre var-prinsippet og ut frå eit berekraftperspektiv. Det er få, om nokon, av dei artene som det blir hausta av som er truga av overutnytting.

Gebyr på manglande rapportering frå jegerar, innført i 2001, har hatt positiv effekt. Rapporteringa ligg no på 95 pst., noko som er med på å betre kunnskapsgrunnlaget.

Gjennom nasjonalt overvakingsprogram for hjortevilt og helseovervakingsprogram for hjortevilt følgjer ein den kontinuerlege bestandsutviklinga i eit representativt utval av bestandar. I tillegg er hjorteviltregisteret eit viktig verkemiddel for dei som skal ta avgjerder.

Reguleringar av laksefisket er i dag baserte på vitskapeleg rådgiving, kunnskap om tilstanden til bestandane, fagleg skjønn og erfaringar. I 2003 vart det innført eit nytt reguleringsregime som skal gjelde for fem år. Det vart berre gjennomført mindre justeringar i 2004.

Arbeidsmål 4.2. Sikre at forvaltninga av vilt- og fiskeressursar som kan utnyttast innan 2006 som hovudregel blir basert på driftsplanar utarbeidde i samarbeid mellom rettshavarar, kommunar og brukarar.

Den driftsplanbaserte forvaltinga av vilt- og fiskeressursane krev at rettshavarane er organiserte i høvelege einingar som kan ivareta interessene deira. Slike einingar må vere juridisk og økonomisk forpliktande, slik at styresmaktene kan opptre formelt i høve til eit driftsplanområde. Det er sett ned ei arbeidsgruppe som skal sjå på desse tilhøva når det gjeld anadrom laksefisk. Innstillinga kjem mot slutten av 2004.

I 2002 var det utarbeidd driftsplanar for ca. 60 pst. av vassdraga med årleg fangst over 100 kg. Talet har truleg auka, men det er ikkje henta inn nye data etter dette.

I jaktåret 2003/2004 var det når det gjeld elg 1 000 vald av totalt 2 278 som hadde driftsplanar. Driftsplanbasert elgforvaltning skjer først og fremst innan dei store valda, dvs. vald med fellingskvote over 20 dyr.

Arbeidsmål 5.1. Førebyggje utilsikta introduksjonar av framande arter og negative effektar av tilsikta introduksjonar gjennom meir dekkjande regelverk, tiltak, informasjon og sektorsamarbeid.

Vi står overfor store utfordringar knytte til introduksjon og spreiing av framande arter. Auka handel, turisme, reising og nedbygging av grensekontroll mellom land og kontinent gjer at mange artar blir spreidd til nye område der dei ikkje høyrer heime. Globalt er menneskeskapt spreiing av arter i dag ein av dei største truslane mot mangfaldet i naturen. FN-konvensjonen om biologisk mangfald pålegg oss, så langt det er mogleg og føremålstenleg, å hindre innføring av og kontrollere eller utrydde arter som trugar økosystem, leveområde eller arter.

Det regjeringsoppnemnde lovutvalet for biologisk mangfald vil i løpet av 2004 bl.a. utgreie nytt regelverk på dette området.

Framande arter kan ha effektar som grip over mange sektorar. Samarbeid mellom sektorstyresmaktene for å handtere problema med framande artar vil bli vidareført. I tillegg vil det bli lagt auka vekt på tiltak og informasjon til allmenta om kva reglar som gjeld ved innførsel av dyr og planter til Noreg, og kva for konsekvensar innførsel og spreiing kan føre med seg.

Utslepp av ureinsa ballastvatn frå skip nær kysten utgjer ein særleg stor risiko for introduksjon og spreiing av framande arter som kan skade dei marine økosystema og næringane våre. Ein ny konvensjon om kontroll og behandling av ballastvatn i skip og sediment vart vedteken av IMO 13. februar 2004. Konvensjonen krev at skip skal gjennomføre utskifting av ballastvatn for å redusere risikoen for introduksjon av framande organismar. Utskifting av ballastvatn er berre eit mellombels tiltak, og alle skip skal frå eit gitt tidspunkt oppfylle krav til reinsing av ballastvatn etter ein nærare definert standard. Krav til slik reinsing av ballastvatn vil bli fasa inn i perioden frå 2009 til 2016. Noreg vil ratifisere IMO-konvensjonen så raskt som mogleg, og arbeide for at konvensjonen snart trer i kraft internasjonalt. Noreg deltek òg aktivt i samarbeidet for å lage ein regional strategi for behandling av ballastvatn for området Nordsjøen/Vest-Europa.

Miljøverndepartementet fekk i 2003 utarbeidd ein rapport med oversikt over introduserte arter med fokus på problemarter (NINA Oppdragsmelding 772, 2003). Rapporten omtalar ei mengd ulike arter som gjer meir eller mindre skade eller kan komme til å utvikle seg til problemarter økologisk og/eller økonomisk. I ferskvatn har Gyrodactylus salaris, furunkulose, krepsepest, pungreke, vasspest og ørekyte gjort stor skade. Marint er kongekrabbe, amerikansk hummar og japansk drivtang eksempel på problemarter. På land er canadagås, mårhund, bisamrotte, mink, tromsøpalme/kjempebjørnekjeks, platanlønn og lupinar eksempel på problemartar der ein må følgje med utviklinga og setje inn tiltak om naudsynt.

Arbeidsmål 5.2. Handtere reguleringa av utsetjing og omsetning av genmodifiserte organismar, slik at det ikkje oppstår skade på helse og miljø.

Av 42 omsøkte produkt i EU/EØS under direktivet om utsetjing av GMO i miljøet (tidlegare 90/220/EØF nå 2001/18/EF) er 16 godkjende i EU. Noreg har gjennom ei tilpassing i EØS-avtala sagt nei til åtte produkt. Produkta er forbodne hovudsakleg fordi dei inneheld genar som kan gi resistens mot antibiotika. Ein type tobakksplante og tre typar nellik er tilletne omsett i Noreg, men er lite aktuelle å dyrke.

I andre saker ventar ein på fleire opplysningar før behandling. EU har no godkjent ein av dei omsøkte GMO for utsetjing, og vil truleg i løpet av dei næraste månadene godkjenne fleire GMO etter fleire års stillstand. Noreg må då ta stilling til om desse skal vere forbodne eller ikkje i Noreg etter genteknologilova.

EU har vedteke nye reglar om utsetjing i miljøet av GMO, bruk av GMO til mat og fôr, merking og høve til sporing av GMO og høve til sporing av genmodifisert mat og fôr. EU-reglane har nærma seg dei norske i vesentleg grad. Regjeringa går inn for å forhandle med EU om å innlemme desse reglane i EØS-avtala med ei vidareføring av EØS-tilpassinga vi har i dag. Tilpassinga gir oss rett til å forby GMO som EU godkjenner, dersom vi meiner det er nødvendig ut frå genteknologilova.

Globalt er Cartagena-protokollen om GMO det sentrale verkemiddelet for å sikre at handel med og bruk av levande GMO ikkje skader biologisk mangfald eller helse. Sjå òg omtale under arbeidsmål 7.3.

Arbeidsmål 6.1. Medverke til å redusere presset på truga arter og ansvarsarter gjennom samarbeid med andre involverte partar.

I den nasjonale raudlista blir det ført oversikt over arter som er truga av utrydding, arter som er sårbare eller som krev omsyn og arter som er i ein slik situasjon at dei bør overvakast. Artsdatabanken, som vart etablert i januar 2004, vil vere viktig i raudlistearbeidet framover. Neste revisjon av raudlista er planlagt ferdig i 2006. Organiseringa av arbeidet med ny raudliste er starta opp i Artsdatabanken.

Gjennom den gradvise utbygginga av Statens naturoppsyn er kontrollen med ulovleg jakt på sårbare og truga arter blitt stadig betre.

Det nasjonale programmet for kartlegging, overvaking og etablering av artsdatabank er eit tiltak i St.meld. nr. 42 (2000-2001) Biologisk mangfold. Eit slikt system vil betre leggje til rette for at artsmangfald og viktige naturtypar blir tekne vare på, under dette raudlisteartene og levestadene deira. Truga og omsynskrevjande arter og naturtypar skal kartleggjast, og kunnskapen gjerast tilgjengeleg for forvaltningsstyresmaktene på alle nivå. Dette systemet er ein parallell til Natura 2000-programet i EU som skal ta vare på levestadene for tilsvarande arter etter dei såkalla habitat- og fugledirektiva. System i Noreg tek i tillegg sikte på å samordne dei økonomiske og juridiske verkemidla slik at alle sektorar og styresmakter må ta ansvaret på sine område.

Det er laga ein handlingsplan for fjellrev og det er sett av midlar til oppfølging av overvaking og tiltak i tråd med denne, sjå omtale under 6.3. For rovvilt og laks viser ein til eigne omtaler. Det blir elles drive ei minimumsovervaking av dverggås (på viltfondsmidlar), ferskvasskreps og elvemusling. Fersk­vass­krepsen er lista som omsynskrevjande i den norske raudlista, og den er på liste III i Bern konvensjonen. I 1998 utarbeidde Østlandsforsk­ning eit forslag til forvaltningsplan for kreps. Dette forslaget ligg til grunn for forvaltninga av bestandane våre av ferskvasskreps, og det er utarbeidd eit forslag til overvaking av 27 representative krepsebestandar.

Elvemuslingen er lista som sårbar i den norske raudlista, og den er på liste III i Bern konvensjonen. Bortsett frå tre–fire elvar i Skottland og eit par i Russland er Noreg det einaste landet i verda som har igjen gode, livskraftige bestandar av elvemusling.

Overvakinga har som mål å kartleggje/overvake 16 vassdrag i utval kvart femte år. Det blir teke sikte på å få gjennomført første gongs kartlegging av dei 16 lokalitetane i løpet av 2005.

Noreg er det einaste landet i Europa som framleis har intakte høgfjellsøkosystem med bestandar av villrein. Villrein hadde opphavleg ei meir eller mindre samanhengande utbreiing i Sør-Noreg. I dag blir villreinen forvalta i 23 avgrensa villreinområde. Ulike arealinngrep, men først og fremst vegar, jernbane og kraftutbyggingar, har medverka til fragmenteringa av villreinen sitt leveområde. Dei største utfordringane i dag er knytte til inngrep i randsonene til fleire av villreinområda. Vidare er ferdsel inn i områda ein avgrensande faktor for villreinen si utnytting av beiteressursane.

Villreinen skal ha ein sentral plass i norsk fjellfauna også i framtida.

På oppdrag frå Direktoratet for naturforvaltning blir det i 2004 gjennom prosjektet Villrein og Samfunn gjennomført ein brei gjennomgang av kunnskapsstatus og eksisterande tiltak og verkemiddel i villreinforvaltninga, i eit nært samspel mellom forsking, forvaltning og brukarar. Formålet er å leggje grunnlaget for å tryggje framtida for villreinen.

I regi av Direktoratet for naturforvaltning er det i 2004 starta eit arbeid med å digitalisere informasjon om villreinen sitt leveområde.

Statens naturoppsyn samarbeider med villreinutvala og lokalt politi om kompetansebygging og gjennomføring av oppsynet, slik at dette kan bli gjennomført på ein effektiv og einsarta måte i alle område.

Plan- og bygningslova vil vere eit sentralt verkemiddel for å ta vare på leveområda til arter som ikkje er sikra i eigne verneområde. Både kommunar og sektorar er usikre på korleis dei kan bruke den lova vi har i dag. Mange kommunar har hausta erfaringar med dette arbeidet, og ved å overføre dei gode erfaringane kan ein i større grad oppnå at kommunane legg kartlegginga til grunn for sine vedtak og planar.

Arbeidsmål 6.2. Sikre levedyktige bestandar av rovvilt gjenom målet om 65 årlege ynglingar av gaupe, 39 årlege ynglingar av jerv, 15 årlege ynglingar av bjørn, 3 årlege ynglingar av ulv og 850–1200 årlege hekkingar av kongeørn

Bestandsregistreringar viser at det i 2003 var to ynglingar av ulv i Noreg, av totalt elleve i Skandinavia. Det nasjonale målet er sett til tre årlege ynglingar i Noreg innanfor eit nærare definert forvaltningsområde for ynglande ulv i Hedmark, Akershus, Østfold og Oslo. Grensebestandar kjem i tillegg. Dei norske ynglingane skjedde i 2003 i Gråfjell og i Julussa. Tre av dei elleve ynglingane skjedde i grensebestandar mot Sverige med hovudvekt på svensk side, i Nyskoga, Djurskog og i Dals Ed-Halden. For 2004 er det venta 11-15 ynglingar i Skandinavia. Det er allereie påvist tre ynglingar av ulv i Noreg i 2004. Desse er Gråfjell og Julussa innanfor det fastsette forvaltningsområdet, og Koppangskjølen utanfor forvaltningsområdet. Det vil bli vurdert felling av revirmarkerande ulv utanfor forvaltningsområdet til vinteren, dersom bestandssituasjonen tillet dette. Ei totalvurdering gjer at den skandinaviske ulvebestanden si utvikling best kan karakteriserast som nær stagnasjon sidan 2000. Til samanlikning hadde den skandinaviske ulvestamma på 1990-talet ein gjennomsnittleg årleg bestandsvekst på omlag 25 pst..

Eit overslag over talet på bjørn i Noreg i 2003 viser tre–seks ynglingar, mens det nasjonale målet er sett til 15 årlege ynglingar. Registreringar tyder på ein viss vekst i bestanden. Reproduktive binner er påviste i Finnmark (Sør-Varanger), Nord-Trøndelag (Lierne) og Hedmark (Trysil).

For jerv viser bestandsregistreringane at det i 2003 vart dokumentert 30 ynglingar i Nord-Noreg og 17 i Sør-Noreg, til saman 47 ynglingar, mens det nasjonale målet er sett til 39 årlege ynglingar. Tala tyder på ei relativt stabil utvikling når det gjeld jerv i Nord-Noreg gjennom dei siste åra, og ein klar auke i bestanden av jerv i Sør-Noreg. Førebelse tal for 2004 viser pr august 21 ynglingar i Nord-Noreg og 26 ynglingar i Sør-Noreg.

For gaupe viser registreringane at det i 2003 var 45 ynglingar før gaupejakta starta i februar, mens det nasjonale målet er sett til 65 årlege ynglingar. Gjennomsnittet for åra 2000-2002 var på 57 familiegrupper. Det er særleg regionane i Midt-Noreg og Sørvest-Noreg som har hatt nedgang i talet på familiegrupper. For 2004 er bestanden for kvotejakt på om lag same nivå som i 2003.

Bestanden av kongeørn er på landsbasis rekna for å vere stabil rundt 850-1200 hekkande par. Frå og med 2004 inngår kongeørn i det nasjonale overvakingsprogrammet for rovvilt.

Arbeidsmål 6.3. Byggje opp att bestanden av fjellrev til eit livskraftig nivå.

Fjellreven sin situasjon i Noreg er svært alvorleg. I Noreg (utanom Svalbard) er det færre enn 50 vaksne fjellrevar att, og arta er klassifisert som «direkte truga» på raudlista.

Regjeringa har sett i gang tiltak for å hindre at fjellreven blir borte frå den norske fjellnaturen. Frå 2003 til 2004 er midlane til fjellrevarbeidet dobla, og i 2004 blir det brukt om lag 4,9 mill. kroner til formålet. Arbeidet med fjellreven skjer med utgangspunkt i ein handlingsplan som er utarbeidd av Direktoratet for naturforvaltning. Handlingsplanen vart sett i gang i 2003.

Eitt av tiltaka som er sette i verk, er eit prosjekt med innfanging og avl av fjellrev for seinare utsetjing i naturen. Dei eldste dyra vart fanga inn i 2001. Det blir arbeidd med å få fjellrevane til å reprodusere i fangenskap. Arbeidet har i 2004 resultert i fjellrevkvelpar på Langedrag.

Eit anna tiltak er eit prosjekt med raudrevkontroll og fôring av fjellrev. I 2004 vart det sett i gang planlegging av eit fleirårig forsøk med raudrevkontroll på Varangerhalvøya. Den praktiske delen av dette forsøket vil starte opp i 2004/2005. Prosjektet har som målsetjing å få redusert raudrevbestanden slik at raudreven sin konkurranse med fjellreven på Varangerhalvøya blir mindre. Ei målsetjing i prosjektet er også at uttak av raudrev som metode kan bli grundig evaluert. Det vil òg bli gjennomført ei spesiell kartlegging av førekomsten av raudrev i Børgefjellområdet.

Overvaking av fjellrevbestanden blir gjennomført årleg. Ein nasjonal database over hi for fjellrev vart oppretta i 2004. Miljøverndepartementet legg vinn på samarbeid med frivillige organisasjonar i arbeidet med fjellreven.

Arbeidsmål 6.4. Sikre dei ville laksebestandane.

Laksefisket dei siste åra har totalt sett vore betre enn på mange år, som følgje av betre temperaturforhold i havet og gode føresetnader for oppvandring i elvane i fiskesesongen. Sesongen 2004 gjev likevel inntrykk av at den positive utviklinga har stogga, men dette vil bli klårare dei nærmaste åra. Det er i all hovudsak dei bestandane som har vore i rimeleg god forfatning også i dei seinare åra som har gitt grunnlag for auka fangst. Omlag ein tredel av bestandane er framleis truga eller sårbare.

Kategorisystemet for laks er revidert, og det er laga eit opplegg for registrering som i større grad fangar opp dei reelle endringane i situasjonen for laksebestandane. Resultatet av kategoriseringa for 2003 kan derfor ikkje samanliknast med tidlegare års kategorisering. Neste kategorisering vil bli gjennomført i oktober 2004. Dette vil gi grunnlag for å skilje mellom endringar i bestandssituasjonen som anten skuldast ny kunnskap om bestandane eller reelle endringar i tilstanden årsaka av negative menneskeskapte påverknadsfaktorar.

Regjeringa sitt forslag til nasjonale laksevassdrag og laksefjordar vart med visse endringar vedteke av Stortinget i februar 2003. Stortingsvedtaket, som gir ein vesentleg del av den norske villaksressursen særskilt vern og prioritet, er ein milepæl i det nasjonale og internasjonale arbeidet med å ta vare på den nordatlantiske villaksen. Eit forslag til ferdigstilling av ordninga er planlagt lagt fram mot slutten av 2005. Fiskeri- og veterinærstyresmaktene vil prioritere tiltak mot rømming frå oppdrettsanlegg og kamp mot lakselus. Arbeidet med å utrydde Gyrodactylus salaris held fram i 2005 i samsvar med Handlingsplanen til Direktoratet for naturforvaltning og Mattilsynet. I 2004 vart det gjennomført utryddingsaksjonar i vassdrag i Rana-regionen i Nordland. Lærdalselva og Rauma med nabovassdrag står no for tur. Samtidig går det føre seg eit arbeid med å utvikle aluminiumstilsetjing som utryddingsmetode, slik at bruken av rotenon kan reduserast i utryddingsaksjonar i framtida. Statens naturoppsyn er i ferd med å styrkje lakseoppsynet gjennom organisatoriske endringar og effektivisering. Gjennom samarbeid og samordning med politiet, Kystvakta og andre aktørar vil utviklingstrekk i viktige lakseområde bli fanga betre opp, og kontrollen med ulovleg fiske bli styrkt. Totalt vart det av SNO i 2003 meldt til politiet 362 tilfelle av brot på laks- og innlandsfisklova.

Arbeidsmål 7.1 Etablere eit nytt forvaltningssystem for biologisk mangfald i samarbeid med sektorane innan 2007.

Eit nytt forvaltningssystem for biologisk mangfald byggjer på at stadfesta kunnskap om førekomsten, samt verdien av mangfaldet ligg til grunn for bruk av juridiske og økonomiske verkemiddel. Eit nasjonalt program for kartlegging og overvaking av biologisk mangfald er etablert. Programmet initierer kartleggingsaktivitetar både på land, i ferskvatn og i saltvatn. Programmet blir finansiert av dei departementa som har areal- og ressursbaserte ansvarsområde. Resultata frå kartleggingsaktivitetane vil bli lagra i databasar som er offentleg tilgjengelege over Internett. Artsdatabanken, som vart etablert i januar 2004, vil spele ei sentral rolle i arbeidet med å samordne og gjere dei viktigaste data om biologisk mangfald tilgjengelege for brukarar i areal- og ressursforvaltninga.

Gjennom overvaking av naturtypar og viktige areal for truga arter vil styresmaktene få eit bilete av utviklinga i det biologiske mangfaldet, om verkemidla fungerer etter føremålet, og om Noreg klarer å ivareta målet om å stoppe tapet av biologisk mangfald innan 2010.

Arbeidsmål 7.2 Medverke til sektordepartementa sitt arbeid med vern og berekraftig bruk av biologisk mangfald.

Miljøverndepartementet har ei viktig oppgåve i å medverke til dei andre departementa sitt arbeid med vern og berekraftig bruk av biologisk mangfald. Hovuddelen av det biologiske mangfaldet finst utanfor verneområda og blir forvalta av andre sektorar enn miljøvernforvaltninga. Bevaring av biologisk mangfald er derfor ei sektorovergripande utfordring som krev samordning og forpliktande samarbeid på tvers av sektorane. Dei siste åra har fleire sektorar gjort viktige framsteg for å medverke til ei berekraftig forvaltning av det biologiske mangfaldet. Bl.a. er departementa si deltaking i det nasjonale programmet for å kartleggje og overvake verdifulle naturtypar og truga arter særs verdifull. Miljøverndepartementet vil halde fram med arbeidet for betre samordning av bl.a. verkemiddelbruk og kunnskap i arbeidet med å ta vare på det biologiske mangfaldet. Når det regjeringsoppnemnde Biomangfaldlovutvalet avsluttar sitt arbeid i slutten av 2004, vil vi få eit konkret grunnlag for å utvikle eit samlande regelverk der lovgivinga innan dei ulike sektorane stør opp om mål og plikter på ein betre måte enn i dag.

Arbeidsmål 7.3 Leie og samordne Noreg sitt arbeid med Konvensjonen om biologisk mangfald, samt sikre at Noreg følgjer opp sine nasjonale plikter under denne og andre internasjonale konvensjonar og avtaler som er relevante for ivaretaking av biologisk mangfald.

Konvensjonen om biologisk mangfald (CBD) har tre målsetjingar; bevaring av biologisk mangfald, berekraftig bruk av biologisk mangfald og rettferdig fordeling av utbyttet av genetiske ressursar. CBD har 188 partar. Partsmøtet i 2004 vedtok eit nytt arbeidsprogram for vern av område, som bl.a. seier at partane skal ha eit representativt og effektivt forvalta system av verneområde innan 2010 på land, og innan 2012 i marine område. Partsmøtet vedtok òg eit nytt arbeidsprogram for overføring av teknologi til oppbygging av kapasitet i utviklingsland, og dette inneheld mange av konklusjonane frå Trondheimskonferansen i 2003 (sjå under). Det vart vidare vedteke eit nytt arbeidsprogram for fjelløkosystem, mens arbeidsprogramma for ferskvatn og marint/kyst vart reviderte. Partsmøtet drøfta òg konvensjonen si leiande rolle for å nå målet om ein betydeleg reduksjon i tapet av biologisk mangfald innan 2010, jf. også semje om dette på verdstoppmøtet i Johannesburg i 2002 (WSSD) om berekraftig utvikling.

Som ei viktig oppfølging av WSSD, vart det oppretta ei arbeidsgruppe som skal forhandle fram eit internasjonalt regime for tilgang til og rettferdig utbyttefordeling av genetiske ressursar. Noreg vil delta aktivt i arbeidet med å utvikle ordningar som kan sikre ei meir rettferdig fordeling av goda frå utnyttinga av genressursar, med særleg sikte på å støtte velferdsutviklinga i fattige land.

Cartagena-protokollen om genmodifiserte orga­nis­mar (GMO) skal sikre at handel og bruk av levande GMO ikkje skader biologisk mangfald eller helse. Protokollen trådde i kraft 11. september 2003. Noreg ratifiserte protokollen som tredje land 10. mai 2001. Protokollen har no over 100 partar. Det første partsmøtet for protokollen vart halde i februar 2004. Partsmøtet styrkte globale reglar for korleis GMO skal merkjast og identifiserast ved transport over landegrensene. Endeleg vedtak om detaljerte merkjereglar vil bli fatta av det andre partsmøtet i juni 2005. Partsmøtet har òg oppretta ei arbeidsgruppe som skal forhandle fram internasjonale reglar om ansvar og erstatning for skadar som skuldast GMO. Det er òg sett ned ein komité som skal kontrollere at protokollen blir etterlevd i praksis. Noreg er valt inn som medlem av denne komiteen for perioden 2005-2006. Noreg vil i samarbeid med EU halde fram med å vere pådrivar for å styrkje protokollen, mellom anna gjennom særeigen merking og identifikasjon av GMO og reglar om ansvar og erstatning.

Noreg har medverka aktivt til ei operasjonalisering og vidareutvikling av CBD, bl.a. gjennom Trondheimskonferansane. Regjeringa tek sikte på å halde ein ny Trondheimskonferanse om biologisk mangfald i 2006/2007, med tema innan biologisk mangfald, fattigdomsreduksjon og oppfølging av FNs tusenårsmål. Noreg arbeider for å knyte desse tema tettare saman på den internasjonale dagsordenen, jf. St.meld. nr. 35 (2003 –2004) Felles kamp mot fattigdom, der det bl.a. blir vist til at negative endringar i naturtilhøva er ein trussel mot redusert fattigdom. Noreg prioriterer arbeidet med å betre det vitskapelege grunnlaget for konvensjonen. Dette må òg sjåast i samanhang med det norske initiativet for å opprette eit vitskapspanel under FNs miljøprogram ( UNEP). Det er framleis ei hovudutfordring å samordne arbeidet mellom relevante internasjonale fora og konvensjonen om biologisk mangfald.

Verkemiddel

Resultatområdet er planlagt finansiert med totalt 625,5 mill. kroner. Finansieringa er i hovudsak dekt av budsjettramma for Direktoratet for naturforvaltning, jf. kap. 1427, og fagkapitla 1425 og 1426, men òg kapitla 1400, 1410, 1429 og 1441 inneheld budsjettmidlar som medverkar til finansieringa av resultatområdet i år 2005. Fylkesmannen har òg ansvar for store oppgåver under resultatområde 1. Ein viser til nærare omtale av desse under resultatområde 11. Midlar til lønn og drift for desse oppgåvene er budsjetterte på kap. 1510 Fylkesmannsembeta, under Arbeids- og administrasjonsdepartementet sitt budsjett.

Naturvernlova, viltlova, laks- og innlandsfisklova, genteknologilova og plan- og bygningslova er dei viktigaste juridiske verkemidla for miljøvernforvaltninga innan resultatområdet. Friluftslova har innverknad på arealforvaltning og naturbruk. Vernearbeidet etter naturvernlova skjer i det alt vesentlege gjennom tematiske fylkesvise verneplanar, nasjonalparkplanen, marin verneplan og framtidige verneplanar for utvida skogvern. Område med særleg store natur- og kulturverdiar kan òg fredast etter kulturminnelova, eventuelt i kombinasjon med naturvernlova og plan- og bygningslova. Plan- og bygningslova vil vere det viktigaste generelle verkemidlet for å ta vare på omsynskrevjande naturtypar på dei ca. 85 pst. av areala som ikkje blir omfatta av vern. Det er derfor viktig å ta i bruk og utvikle dette verkemidlet, slik at kommunane og sektorane har grunnlag for ei meir kostnadseffektiv ivaretaking av biologisk mangfald. Lov om statleg naturoppsyn har som mål å ivareta nasjonale miljøverdiar og førebyggje miljøkriminalitet. Lova har lagt grunnlaget for etablering av Statens naturoppsyn. Statens naturoppsyn skal utviklast vidare, med spesiell vekt på etablering i nye store verneområde.

Administrasjonen av storviltjakt i statsallmenning vart overført frå Statsskog SF til fjellstyra i 2004.

Motorisert ferdsel i utmark og vassdrag er regulert av motorferdsellova og nasjonal forskrift for bruk av motorkøyretøy i utmark. Også her er det stort behov for målretta og samordna oppsyns-, kontroll- og førebyggingstiltak.

Framstilling og bruk av genmodifiserte organismar (GMO) er regulert i genteknologilova, i samsvar med prinsippet om berekraftig utvikling. Forvaltninga i Miljøverndepartementet skjer i samråd med andre aktuelle departement.

Som ei oppfølging av plikta til å utvikle ein nasjonal handlingsplan for konvensjonen om biologisk mangfald, vart St.meld. nr. 42 (2000-2001) Biologisk mangfold. Sektoransvar og samordning lagt fram våren 2001. I meldinga foreslo Regjeringa at det blir etablert eit nytt forvaltningssystem for biologisk mangfald, som Stortinget har gitt tilslutning til.

I dette arbeidet står etableringa av eit nasjonalt program for kartlegging og overvaking (under dette etablering av ein artsdatabank) sentralt. Miljøverndepartementet leier arbeidet med det nasjonale programmet som starta i 2003. Eit lovutval er nedsett for å vurdere lovverk om biologisk mangfald og relevant sektorlovgiving (Biomangfaldlovutvalet). Utvalet vil òg vurdere erstatningsordningar for vern etter naturvernlova. Ei eventuell innføring av ny erstatningsordning for nasjonalparkar og landskapsvernområde vil òg gjelde for område der vernevedtak allereie er fatta, men der fristen for krav om erstatning enno ikkje har gått ut. Dette vil i så fall innebere at ei slik overgangsordning òg vil omfatte område der fristen ikkje er gått ut 1. januar 2002. Innstillinga blir lagt fram i 2004.

For rovviltartene gaupe, jerv, bjørn, ulv og kongeørn blir det lagt vekt på å gjennomføre ei balansert og differensiert forvaltning i tråd med Stortinget sine føresetnader i Innst. S. nr. 174 (2003-2004). Dette inneber blant anna at det skal opprettast åtte regionale rovviltregionar, med eigne rovviltnemnder som får hovudansvaret for rovviltforvaltninga innanfor sin region. I kvar region skal det fastsetjast eit nasjonalt mål for den enkelte rovviltarta. Samla skal dette medverke til å sikre ei meir lokal forankring av rovviltforvaltninga innanfor ramma av nasjonale og internasjonale forpliktingar. I tillegg skal det leggjast til rette for ein meir målretta bruk av midlar til førebygging og konfliktdemping, og ei betre samordning av landbrukspolitiske og miljøvernpolitiske verkemiddel for å redusere tap og skader og for å styrkje dyrevelferda til beitedyr. Miljødata, geografiske data og kunnskap om biologisk mangfald skal gjerast tilgjengelege for avgjerdstakarar på lokalt, regionalt og nasjonalt nivå.

Ulike internasjonale konvensjonar og avtaler står òg sentralt i utvikling og oppfølging av norsk arbeid med biologisk mangfald, med konvensjonen om biologisk mangfald som den mest sentrale av desse. Det blir her òg vist til resultatområde 8, som gir ei omtale av anna internasjonalt samarbeid som òg omfattar biologisk mangfald, bl.a. i høve til arktisk samarbeid, naturvernsamarbeid med Russland, og miljøretta bistand.

Internasjonalt blir det arbeidd i ulike fora med problema kring avskoging i tropiske land, og ulovleg og ikkje berekraftig hogst og handel med tropisk tømmer. Det er teke initiativ til eit samarbeid med EU for å vurdere tiltak og verkemiddel. Nasjonalt blir det arbeidd etter eit frivillig spor med bransjar som innfører og nyttar tropisk tømmer, bl.a. forhandlarar av hagemøblar og båtbransjen. Det er vidare bestemt at staten ikkje skal kjøpe inn produkt av tropisk tømmer som anten er ulovleg eller produsert på ein ikkje berekraftig måte. Dette betyr at tropiske tømmerprodukt som blir kjøpte inn av staten må vere sertifiserte gjennom ei godkjent sertifiseringsordning. Noreg har vidare inngått ei avtale med Indonesia om utvikling og handheving av lovverk mot ulovleg hogst, og samarbeider også med indonesiske styresmakter om bevaring av skog i og rundt ein nasjonalpark i Riau-provinsen.

7 Resultatområde 2 Friluftsliv

Definisjon og avgrensing

Arbeidet på dette resultatområdet skal sikre areal og rettar til ferdsel, opphald og aktivitetar, og stimulere til miljøvennleg friluftsliv. Areal for friluftsliv, grunnlaget for jakt og fiske o.l. og natur- og kulturopplevingar ved friluftsliv blir òg tekne vare på gjennom arbeidet på resultatområda 1, 3 og 9. Andre miljøkvalitetar som har innverknad på friluftslivet er ivaretekne gjennom resultatområda 1, 3, 4, 6 og 7. Friluftsliv i polare område er dekt av resultatområde 8.

Strategisk mål

Alle skal ha høve til å drive friluftsliv som helsefremjande, trivselsskapande og miljøvennleg aktivitet i nærmiljøet og i naturen elles.

Nasjonale resultatmål, miljøvernforvaltninga sine arbeidsmål og resultatindikatorar og statusbeskriving

Tabell 7.1 Mål- og indikatortabell for resultatområde 2 Friluftsliv

Nasjonale resultatmål

Miljøvernforvaltninga sine arbeidsmål

Miljøvernforvaltninga sine resultatindikatorar

1. Friluftsliv basert på allemannsretten skal haldast i hevd i alle lag av folket.

1.1. Stimulere til utøving av miljøvennleg friluftsliv i samarbeid med relevante partar, under dette frivillige organisasjonar.

Statistikk om folk si deltaking i friluftsliv, under dette:

Dagsturar og overnattingsturar i naturomgivnader.

Bruk av nærområde i byar og tettstader.

Bærplukking, fritidsfiske og jakt.

2. Barn og unge skal få høve til å utvikle dugleik i friluftsliv.

2.1. Barn og unge skal meistre trygg og miljøvennleg ferdsel i utmark.

Kunnskap om allemannsretten, fjellreglane og sjøvettreglane innan fylte 18 år.

Prosentdelen av barn og unge under 18 år som har delteke i friluftsaktivitetar dei siste 12 månadene.

Talet på medlemmer i ungdomsorganisasjonar dominerte av aktivitetar retta mot natur- og friluftsliv som f.eks. speidarforeiningar og turistforeininga sine ungdomsgrupper.

3. Område av verdi for frilufts- livet skal sikrast slik at miljø- vennleg ferdsel, opphald og hausting blir fremja og naturgrunnlaget teke vare på.

3.1. Viktige område for friluftsliv skal vere sikra for føremålet ved kjøp, bandlegging og avtalt fleirbruk av naturområde.

Talet på nye område pr. år.

3.2. Alle statleg sikra friluftslivs­område (inkl. skjergardsparkar) samt markaområde i alle større kommunar, skal innan år 2006 inngå i forvaltningsplanar.

Prosentdelen av friluftsområde med slikt forvaltningsopplegg (ikkje operativ før 2006).

3.3. Viltressursar og fiskeres- sursar i ferskvatn som kan utnyttast skal vere tilgjengelege for allmenta.

Prosentdelen av område som kan utnyttast (dvs. fiskeførande vatn og vassdrag samt jaktterreng for småvilt) i eit utval kommunar med sal av kort for fiske og småviltjakt.

4. Ved bustader, skular og barnehagar skal det vere god tilgang til trygg ferdsel, leik og annan aktivitet i ein variert og samanhengande grønstruktur med godt samband til naturområde omkring.

4.1. I samarbeid med aktuelle partar leggje til rette for at minst 30 pst. av bustader, skular og barnehagar i eit utval byar og tettstader har trygt og tilgjengeleg rekreasjonsareal innan 500 meter avstand og i tilknyting til ein samanhengande grønstruktur.

Prosentdelen slike bygningar med rekreasjonsareal og tilknyting til grønstruktur innan 500 meter.

Statusbeskriving

Stortinget behandla våren 2002 St.meld. nr. 39 (2000-2001) Friluftsliv – Ein veg til høgare livskvalitet. Meldinga gir ei brei oversikt over friluftslivet sine verdiar, utbreiing, trendar, mål og tiltak. Hovudarbeidet i 2005 innan friluftsliv vil vere å følgje opp dei tiltaka som ligg i meldinga. I 2005 blir Friluftslivets år arrangert og det blir gjort framlegg om ei ekstra eingongsløyving på 5 mill. kroner til dette føremålet. Friluftslivets år vil ha hovudfokus på friluftsaktivitetar rundt om i landet. Friluftslivets fellesorganisasjon (FRIFO) har fått oppdraget med å koordinere innsatsen, og vil setje friluftslivet på dagsordenen i alle lokalmiljø. Barn og unge er den primære målgruppa for satsinga på Friluftslivets år 2005. Det er heilt sentralt at folk har rett til å ferdes fritt i naturen. Derfor må verkemidlane først og fremst setjast inn der vi ser at denne retten er under press. Det vil derfor være ekstra fokus på utviklinga i strandsona framover.

Arbeidsmål 1.1. Stimulere til utøving av miljøvennleg friluftsliv i samarbeid med relevante partar, under dette frivillige organisasjonar.

Landsomfattande undersøkingar om friluftsliv er blitt gjennomførte ei rekkje gonger sidan 1970. I Statistisk sentralbyrå si levekårsundersøking i 2001 vart det gjennomført ei kartlegging av fritidsbruk – deriblant friluftsliv, trenings- og mosjonsaktivitetar. Førebelse analysar synest å dokumentere stor stabilitet i aktivitetsmønsteret innanfor friluftslivet dei ti siste åra, men det er òg teikn på at norsk friluftsliv er i endring. Det er stor og til dels aukande oppslutning om fotturar (81 prosent av dei spurte) og skiturar. Jakt har i lengre tid hatt stabil oppslutning (ca. 10 prosent av dei spurte), mens særleg fiske og til dels bærplukking har hatt ein svakt dalande tendens dei siste 10 åra. Veksten i bruk av sykkel til turformål ser ut til å halde fram. Det er mogeleg å tolke endringane i aktivitetsmønsteret i lys av generelle samfunnsendringar som òg set sitt preg på friluftslivet. Nye tal kjem i neste levekårsundersøking som blir gjennomført i 2005.

Arbeidsmål 2.1. Barn og unge skal meistre trygg og miljøvennleg ferdsel i utmark

Det er ingen klare teikn på rekrutteringssvikt blant barn og unge når det gjeld friluftsliv. Hos ungdommen skjer det ei gradvis endring i friluftslivsvanane. «Moderne» aktivitetar som sykling, snøbrett- og laussnøkøyring og fjellklatring blir meir populære. Friluftslivsmeldinga (St.meld. nr. 39 (2000-2001)) legg opp til å styrkje arbeidet overfor barn og barnefamiliar, med særleg fokus på dei som i dag sjeldan eller aldri tek del i friluftsliv og fysiske aktivitetar. Medviten og offensiv satsing ved enkelte skular og især frå friluftslivsorganisasjonar si side har ført til at fleire barn og unge no tek del i friluftslivsaktivitetar. Fleire av friluftslivsorganisasjonane har eigne barneorganisasjonar, t.d. Barnas Turlag med 15 000 medlemmer, Fiskeklubben (6 500 medl.), KFUM-KFUK-speiderne (13 500 medl.) og Norske 4H (nesten 19 000 medl.).

Undersøkingar viser at kunnskap og dugleik aukar med målretta stimulering og at grunnlaget for gode friluftslivsvanar i vaksen alder blir lagt i barndommen. Neste levekårsundersøking vil for første gong gi tal for barn og unge si deltaking i friluftsliv.

Departementet har starta eit samarbeid med Helsedepartementet om felles innsats til fremje av friluftsliv og fysiske aktivitetar blant barn og unge.

Arbeidsmål 3.1 Viktige område for friluftsliv skal vere sikra for føremålet ved kjøp, bandlegging og avtalt fleirbruk av naturområde.

Fleire viktige område er sikra til friluftsføremål med statleg finansiering det siste året (19 område i 2003). Samla er no om lag 1 950 område sikra for friluftsføremål.

Regjeringa prioriterer høgt arbeidet med å sikre nye friluftsområde. Særleg er det viktig at område i kystsona blir sikra. Det å gjere nye «strandperler» tilgjengelege er eit konkret tiltak som betrar tilhøva for friluftsliv for mange brukarar. Dette er òg eit positivt verkemiddel som er konfliktdempande. I Friluftslivets år vil ein prioritere dette arbeidet høgt. I tillegg til å auke innsatsen for sikring, tilrettelegging og drift av særskilte friluftsområde, vil det òg bli lagt stor vekt på å opne ulike typar statseigedom for allmenta. Det blir særleg viktig å sikre for friluftslivet dei strandperlene som Forsvaret og andre statlege grunneigarar ikkje lenger har bruk for.

I tilknyting til Stortinget si behandling av Dok. nr 8:82 (2003-2004) – Om salg av Østre Bolærne – er Regjeringa gjennom oppmodingsvedtak nr. 539 (2003-3004) blant anna beden om å gjennomføre ein gjennomgang av statlege eigedommar som skal avhendast. Aktuelle departement gir ei omtale av si oppfølging av oppmodingsvedtaket i respektive fagproposisjonar. For ei nærare omtale av korleis ein kan ta vare på allemannsretten og/eller vern av eigedommar som er interessante i forhold til allmenta sin tilgang til friluftsliv og/eller kulturhistorie i desse høve, blir det vist til Forsvarsdepartementets St.prp. nr. 1 (2004-2005).

Departementet vil leggje stor vekt på å betre tilhøva for friluftsliv i strandsona og auka tilgjenge til slike område. Prosjektsamarbeidet mellom Friluftsrådas Landsforbund og Direktoratet for naturforvaltning, med sikte på å få fram gode sikringsprosjekt, vil halde fram.

Det er innleia eit samarbeid med Stavanger kommune for å sikre viktig grønstruktur som ei oppfølging av St.meld. nr. 23 (2001-2002) Bedre miljø i byer og tettsteder. Det kan òg vere aktuelt å gå inn i eit slikt samarbeid med andre større byar og tettstader.

Arbeidsmål 3.2. Alle statleg sikra friluftslivsområde (inkl. skjergardsparkar) og markaområde i alle større kommunar skal innan år 2006 inngå i forvaltningsplanar.

Det er utarbeidd heilskaplege forvaltningsplanar som bl.a. omtaler behovet for tilrettelegging og skjøtselsnivå for ein overvegande del av friluftslivsområda i Oslofjorden, skjergardsparkane på Sørlandet og Vestkystparken. Skjergardstenesta er etablert med uniformerte båtar og mannskap langs heile kysten frå Østfold til og med Hordaland.

Kysten byr på gode høve til naturopplevingar og friluftsliv. Kystlandskapet har særpreg og det er mange kulturhistoriske spor som er svært attraktive for friluftslivet. Kjenneteiknet på kystfriluftslivet er aktivitetar som bading, soling, båtliv og fritidsfiske, men her som i innlandet er det likevel fotturar som er den vanlegaste aktiviteten.

Kystleiprosjektet i regi av Den norske turistforeining (DNT), Friluftsrådas Landsforbund (FL) og Forbundet Kysten er eit tiltak for å stimulere til og leggje til rette for eit ikkjemotorisert friluftsliv langs kysten.

Det er utarbeidd ein «Marka-rettleiar» som eit tilbod til dei kommunane som forvaltar viktige bymarker.

Status for bygging i strandsona er gitt omtale under resultatområde 9 – resultatmål 2 om kommunal arealplanlegging.

Arbeidsmål 3.3. Viltressursar og ressursar av ferskvassfisk som kan utnyttast skal vere tilgjengelege for allmenta.

Organiseringa av jakt og fiske varierer mellom kommunar og fylke. Aktiviteten aukar likevel på dette feltet. Gjennom eit konstruktivt samarbeid med rettshavarane blir fleire og fleire område organiserte og opna for allmenta.

Som eit tiltak for å auke tilgjenget til innlandsfisk vart fiskeavgifta for denne type fiske (unnateke fiske etter anadrom laksefisk) fjerna frå og med 2002. Talet på jegerar aukar svakt for kvart år. Delen kvinner aukar mest og utgjer snart 6 pst. av jegerane. Talet på dei som har løyst jegeravgiftskort har stabilisert seg omkring 190 000 norske og 2 000 utanlandske jegerar. I jegerregisteret er det no registrert over 400 000 personar.

650 000 nordmenn og 60 000 utlendingar fiska ferskvassfisk i Noreg i 2003. 150 000 personar fiska etter anadrom laksefisk i 2003, av dei var 35 000 utlendingar.

Arbeid med å betre tilgangen for allmenta til jakt og innlandsfiske vil i aukande grad skje ved at rettshavarane utarbeider driftsplanar for dei vilt- og fiskeressursane som kan haustast, jf. arbeidsmål 4.1 under resultatområde 1.

Arbeidsmål 4.1. I samarbeid med aktuelle partar leggje til rette for at minst 30 pst. av bustader, skular og barnehagar i eit utval byar og tettstader har trygt og tilgjengeleg rekreasjonsareal innan 500 meters avstand og i tilknyting til ein samanhengande grønstruktur.

Stortingsmeldinga om friluftsliv foreslår at kartlegging av grønstrukturen blir lagt til grunn i den kommunale planlegginga og forvaltninga, og blir ein premiss for vidare tettstadutvikling. Statistisk sentralbyrå har nyleg utvikla ein metode for å overvake arealstorleikar og tilgjenget til slike nære, grøne lunger. Resultat frå dette arbeidet underbyggjer at dette målet er naudsynt. Tilgangen til slike areal er god på landsbasis, men tilgangen til nærturterreng minkar ved aukande storleik på tettstaden.

Arbeidet med kartlegging og rettleiing blir ført vidare som ledd i oppfølginga av St.meld. nr. 39 (2000-2001) Friluftsliv – Ein veg til høgare livskvalitet og St.meld. nr. 23 (2001-2002) Bedre miljø i byer og tettsteder.

Verkemiddel

Resultatområdet er planlagt finansiert med totalt 97,2 mill. kroner. Finansieringa blir i hovudsak dekt av Direktoratet for naturforvaltning si budsjettramme jf. kap. 1427, og delar av kapitla 1425 og 1426. Vidare inneheld delar av Miljøverndepartementet sine budsjettkapittel 1400 og 1410 òg budsjettmidlar som medverkar til finansieringa av resultatområdet i år 2005. Fylkesmannen har òg oppgåver under resultatområde 2. Midlar til lønn og drift for desse oppgåvene vart frå og med 2001 budsjetterte på kap. 1510 Fylkesmannsembeta, under Arbeids- og administrasjonsdepartementet sitt budsjett.

Statlege midlar er med å sikre regionalt og nasjonalt viktige friluftslivsområde. Statlege midlar er òg viktige for å motivere kommunane til å realisere vedtekne planar for å bevare grønstruktur og leggje til rette for friluftsliv, jf. St.meld. nr. 23 (2001-2002) Bedre miljø i byer og tettsteder. Løyvingane til sikring av friluftslivområde vart auka i statsbudsjettet både for 2003 og 2004. Også for 2005 blir det auka løyvingar til sikring av område og til andre tiltak for å fremje friluftslivet i Friluftslivets år.

Plan- og bygningslova er det generelle verkemidlet som kommunane har for å utvikle gode område for friluftsliv for alle folkegrupper og interesser.

Staten medverkar dessutan, i samarbeid med kommunane, til finansiering av driftsordningar for dei sikra områda. I kystsona frå Østfold til og med Hordaland er dette samordna gjennom Skjergardstenesta, der staten gjennom Statens naturoppsyn har det nasjonalt overordna ansvaret og gir økonomiske bidrag til driftsutgifter, båtinvesteringar mv. Statens naturoppsyn arbeider òg med å integrere naturoppsyn i den daglege drifta av skjergardstenesta.

Det blir vidare gitt driftsstøtte til Friluftslivets fellesorganisasjon (FRIFO), Den Norske Turist­fore­ning, Norges Jeger- og Fiskerforbund og Friluftsrådas Landsforbund. Dette gjeld bl.a. til arbeidet i Forum for natur og friluftsliv som er organisert i alle fylke. Det blir dessutan gitt tilskot til stimuleringstiltak i regi av dei frivillige organisasjonane. Desse midlane vil vere knytte til aktivitetsretta prosjekt med formål å stimulere nye grupper, især barn og unge, til å utøve friluftsliv.

Det blir òg gitt tilskot til frivillige organisasjonar til tilrettelegging for fritidsfiske og jakt.

I tillegg til plan- og bygningslova er friluftslova, lakse- og innlandsfisklova og viltlova dei viktigaste juridiske verkemidla. Miljøverndepartementet har gitt ut eit rundskriv om friluftslova med oversikt over kommunane sine oppgåver når det gjeld å fremje allmenta sine friluftsinteresser.

Departementet ønskjer å bruke informasjon/kommunikasjon som eit viktig strategisk verkemiddel for å nå måla under resultatområde 2 Friluftsliv. Friluftslivets år i 2005 blir ei viktig satsing i dette arbeidet.

8 Resultatområde 3 Kulturminne og kulturmiljø

Definisjon og avgrensing

Resultatområdet omfattar forvaltning av kulturminne, kulturmiljø og det kulturhistoriske innhaldet i landskapet gjennom vern, bruk og verdiskaping. I arbeidet inngår arkeologiske kulturminne på land og under vatn, og kulturminne og kulturmiljø som er automatisk freda gjennom vedtak etter kulturminnelova. Sikring og aktiv bruk av kulturhistoriske verdiar og kvalitetar i våre fysiske omgivnader skjer i stor grad gjennom tilfredsstillande forvaltning, gjennom eigarinnsats, kommunalt planarbeid og i arbeidet med by- og tettstadsutviklinga, sjå òg resultatområde 9. Resultatområdet inkluderer òg statlege bygningar og fartøy og enkelte verneverdige kyrkjer som er kulturhistorisk spesielt viktige. I tillegg dekkjer det internasjonalt samarbeid og oppfølging av konvensjonar og andre internasjonale avtaler for å sikre kulturminne og kulturmiljø. Landskapsarbeidet er i hovudsak dekt av resultatområde 1 og delvis under resultatområde 9. Verknader av luftforureining på kulturminne er dekt av resultatområde 7.

Strategisk mål

Mangfaldet av kulturminne og kulturmiljø skal forvaltast og takast vare på som bruksressursar, og som grunnlag for oppleving og vidareutvikling av fysiske omgivnader. Eit representativt utval av kulturminne og kulturmiljø skal takast vare på i eit langsiktig perspektiv som inspirasjon, kunnskapsressursar og som grunnlag for opplevingar.

Nasjonale resultatmål, miljøvernforvaltninga sine arbeidsmål og resultatindikatorar og statusbeskriving

Tabell 8.1 Mål- og indikatortabell for resultatområde 3 Kulturminne og kulturmiljø

Nasjonale resultatmål

Miljøvernforvaltninga sine arbeidsmål

Miljøvernforvaltninga sine resultatindikatorar

1. Det årlege tapet av kulturminne og kulturmiljø som følgje av fjerning, øydelegging eller forfall skal minimerast, og skal innan år 2008 ikkje overstige 0,5 pst årleg.

1.1. Styrkje omfang og tilgang til forvaltningsretta kunnskap om kulturminna.

Talet på kommunar med tilgang til kulturminneregister.

Talet på arealbrukande sektorar med tilgang til kulturminneregister.

1.2. I samarbeid med aktuelle partar skal stadene si eigenart og deira kulturhistoriske innhald takast vare på, og estetiske kvali- tetar i stadforminga innan kommunal planlegging og byutviklings­politikk skal leggjast vekt på.

Talet på kommunar med vedteken kommunedelplan for kulturminne og kulturmiljø.

Talet på kommunar med kulturminnefagleg kompetanse.

Talet på kommunar som nyttar stadsanalyse som planverktøy.

1.3. Oppgåver innan kulturminneområdet skal leggjast til utvalde byar.

Utvalde byar skal vere med i forsøk over 4 år (2004-2008) der dei får meir ansvar og mynde etter kulturminnelova.

Opplærings- og rettleiingstiltak som er sette i verk

1.4. I samarbeid med aktuelle partar leggje til rette for auka medvit i kommunane om verdien av og høvet til vidare bruk og ombruk.

Talet på verneverdige bygningar som er gitt endra bruk.

1.5. I samarbeid med andre sektorar utvikle verkemiddel (eksisterande og nye) for vern og bruk av kulturminne og kulturmiljø.Talet på statlege sektorar med eigen kulturminnefagleg kompetanse.

2. Det representative utvalet av kulturminne og kulturmiljø skal bevarast i ein tilstand som svarer til 1998-nivå, og freda bygningar og anlegg skal ha ordinært vedlikehaldsnivå innan år 2010.

2.1. I samarbeid med bl.a. lokale styresmakter og eigarar leggje til rette for å betre tilstanden for verneverdige kulturminne og kulturmiljø.

Prosentdel verneverdige kulturminne som har ordinært vedlikehaldsnivå.

Talet på forvaltningsplanar for freda kulturminne og kulturmiljø.

Formelt vern etablert.

2.2. Følgje opp Noreg sine plikter i forhold til UNESCO sin verdsarvkonvensjon – gjennom forvaltinga av dei norske verdsarvområda og ved å medverke til betre representativitet for områda på verdsarvlista.

Rutinebasert revidering av tilstand på dei norske verdsarvområda er gjennomført og dokumentert.

Nye norske nominasjonar til verdsarvlista sende UNESCO i samsvar med tentativ liste

3. Den geografiske, sosiale, etniske og tidsmessige breidda i varig verna kulturminne og kulturmiljø skal betrast, slik at svakt representerte og manglande hovudgrupper er representerte med fleire objekt innan år 2004 (i forhold til 1998-nivå).1

3.1. I samarbeid med aktuelle ­partar arbeide for at andre sektorar tek større ansvar for kulturminne knytte til eiga verksemd.

Talet på ferdigstilte sektorvise verneplanar.

3.2. Gjennomføre fredingar i samsvar med sektorvise verneplanar.

Talet på fredingar av svakt ­representerte hovudgrupper.

Talet på fredingar i samsvar med plan.

Sjølv om målet refererer seg til året 2004 vil det også gjelde for 2005. Målet vil bli revidert som følgje av ein gjennomgang av alle dei nasjonale resultatmåla innanfor kulturminnevernet i lys av Stortinget si behandling av den kommande stortingsmeldinga om kulturminnepolitikken.

Statusbeskriving

Arbeidsmål 1.1. Styrkje omfang av og tilgang til forvaltningsretta kunnskap om kulturminna.

Kulturminnebasen Askeladden vart lansert i 2004. Askeladden er ein omfattande database med opplysningar om alle freda kulturminne og kulturmiljø i Noreg. Databasen er eit viktig verktøy som vil gjere det enklare å registrere og oppdatere opplysningar om freda kulturminne. Askeladden vil vere tilgjengeleg for kulturminneforvaltninga sentralt og lokalt, for statlege sektorstyresmakter og for kommunane. Kulturminnebasen skal bli tilgjengeleg over Internett. Per juli 2004 har 82 kommunar og elleve arealbrukande sektorar teke Askeladden i bruk. Alle kommunar har høve til å få tilgang om dei ønskjer det. Det blir vist til omtale under Verkemiddel.

Arbeidsmål 1.2. I samarbeid med aktuelle partar skal stadene si eigenart og deira kulturhistoriske innhald takast vare på, og estetiske kvalitetar i stadforminga innan kommunal planlegging og byutviklingspolitikk skal leggjast vekt på.

Arbeid med rettleiing og kunnskapsutvikling er i gang, med særleg vekt på å få fram kvalitetar og historiske verdiar i forminga av byar og tettstader. I den samanhengen blir det utvikla prinsipp for bruk, vern, omforming og nybygging i eksisterande kulturmiljø.

Riksantikvaren har utarbeidd vegleiar om plan- og bygningslova som verktøy i forvaltninga av kulturminne og kulturmiljø, og ein vegleiar om kulturminne og kulturmiljø i konsekvensutgreiingar. I tillegg har Riksantikvaren utvikla ein nettstad for formidling og utveksling av informasjon om by- og stadsutvikling. Dette er nyttige kunnskapskjelder for kommunar, anna forvaltning og andre som arbeider med arealdisponering.

Riksantikvaren og andre statlege etatar har sidan 2001 samarbeidd om å lage kurs i stadsutvikling for kommunar. I perioden 2003-2005 driv Riksantikvaren eit prosjekt for å utvikle betre verktøy til forvaltning av historiske bymiljø, i samarbeid med nordiske og baltiske land.

I samband med kommunen si rolle i forvaltinga av kulturminne har det vore gjort mykje rundt i kommunane. Kvart år sidan 2002 har Riksantikvaren satsa økonomiske midlar på prosjekt i kommunane for å få fram gode eksempel på korleis dei kan nytte kommuneplanar som verktøy for å sikre kulturminne og kulturmiljø og korleis dei gjennom auka kunnskap i lokalmiljøet betre kan ta omsyn til kulturarven. Til saman har eit førtitals kommunar, nokre fylkeskommunar, Fortidsminneforeininga og Forbundet Kysten vore engasjerte.

I følgje KOSTRA var det i 2003 115 kommunar som hadde vedteke plan med spesiell vekt på kulturminne og kulturmiljø. KOSTRA viser òg at det i 2003 var 127 kommunar som hadde knytt til seg kulturminnefagleg kompetanse.

Arbeidsmål 1.3. Oppgåver innan kultur­minneområdet skal leggjast til utvalde byar

Som ledd i oppfølginga av St.meld. nr. 19 (2001-2002) Nye oppgaver for lokaldemokratiet – regional og lokalt, vart det i 2004 sett i gang prosjekt med lokal kulturminneforvaltning (differensiert oppgåvefordeling) i byane Bergen, Stavanger og Kristiansand. Prosjektet skal vare i 4 år, og byane skal ved utgangen av kvart av dei 4 åra rapportere korleis forsøka blir gjennomførte og følgde opp.

Arbeidsmål 1.4. I samarbeid med aktuelle partar leggje til rette for auka medvit i kommunane om verdien av og høvet til vidare bruk og ombruk.

Bygningane i landet med tilhøyrande infrastruktur representerer store samfunnsverdiar. Meir enn 70 pst. av realkapitalen i landet er investert i bygningar og anlegg. På årsbasis er ca. 40 pst. av aktiviteten innanfor bygg- og anleggsverksemda knytt til eksisterande bygningsmasse.

Riksantikvaren har starta arbeidet med nettbasert informasjon om korleis bygningar kan brukast på nye måtar framfor å rivast. Det er positiv interesse for prosjektet både frå leverandørar av eksempelstoff og frå potensielle brukarar. Ein database med gode døme vil bli lansert mot slutten av 2004. Riksantikvaren samarbeider med Statens bygningstekniske etat (BE) om å lage ein temavegleiar for byggjetiltak i eksisterande bygningar. Tema­vegleiaren skal vise korleis tiltak kan oppfylle funksjonskrava i byggjeforskriftene, og samtidig ivareta kulturhistoriske verdiar og tradisjonelle byggjemetodar. Vegleiaren vil bli lansert for kommunane under BE-dagane 2005.

Arbeidsmål 1.5. I samarbeid med andre sektorar utvikle verkemiddel (eksisterande og nye) for vern av kulturminne og kulturmiljø.

Sektorane har stor verknad på kulturminne, kulturmiljø og landskap, gjennom næringsverksemd, byggje- og anleggstiltak og eigedomsforvaltning. Det er jamleg kontakt med sektorar som driv verksemd som kan ha særleg effekt på kulturminna, og som på ein berekraftig måte kan ta i bruk det potensialet for verdiskaping som ligg i kulturarven. Siktemålet er å få dei til å ta auka sektoransvar og påverke utforminga av eksisterande og nye verkemiddel. Det går føre seg eit samarbeid med Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap (DSB) for å betre branntryggleiken for freda bygningar generelt og trebyar spesielt. Eit ledd i dette er pilotprosjektet for sikring av Røros.

Arbeidsmål 2.1. I samarbeid med bl.a. lokale styresmakter og eigarar leggje til rette for å betre tilstanden for verneverdige kulturminne og kulturmiljø.

Analysar viser at den tekniske tilstanden for dei fleste kulturminne og kulturmiljø framleis ikkje er god nok. Riksantikvaren utviklar eit system for registrering og overvaking av vedlikehaldstilstanden for freda bygningar og anlegg som grunnlag for fylkeskommunane sitt vernearbeid. Systemet vil kunne medverke til meir systematisk innsats for å betre tilstanden. Norsk standard 3424 «Tilstandsanalyse av fredete og verneverdige bygninger» er ferdig. Denne vil bli ein god reiskap i kartlegginga av tilstanden i freda bygningar, og til hjelp for alle som skal arbeide med verneverdige bygningar.

Riksantikvaren held òg ei rekkje foredrag og forelesingar, og utarbeider informasjon til eigarar, kommunar og undervisingsinstitusjonar for å sikre at dei lokale styresmaktene og eigarane legg betre til rette for å betre tilstanden for verneverdige kulturminne og kulturmiljø. Det er for eksempel under avslutning eit prøveprosjekt med enkel og oversiktleg informasjon om kulturlag frå mellomalderen, for at eigarar/utbyggjarar, konsulentar og kommunal forvaltning skal kunne ta betre omsyn til desse kulturlaga i planlegging av nye tiltak. Erfaringane frå prøveprosjektet i Trondheim vil ha overføringsverdi til dei andre mellomalderbyane.

Forutan Riksantikvaren sine eigne økonomiske tilskotsmidlar til eigarane av verneverdige kulturminne og kulturmiljø, har Kulturminnefondet også ei viktig rolle gjennom sin aktivitet og sine økonomiske verkemiddel i høve til eigarar av verneverdige kulturminne. Resultata frå tilskotsfordelinga i 2003 og 2004 viser at fondet løyser ut stor eigeninnsats frå eigarane.

Arbeidsmål 2.2. Følgje opp Noreg sine plikter i forhold til UNESCO sin verdsarvkonvensjon – gjennom forvaltninga av dei norske verdsarvområda og ved å medverke til betre representativitet i områda på verdsarvlista.

Dei fem norske verdsarvområda er; Urnes stavkyrkje, Bryggen i Bergen, Røros Bergstad, bergkunsten i Alta samt Vegaøyane som vart godkjent som den femte norske verdsarvstaden på UNESCOs verdsarvliste i juli 2004. UNESCO sine retningslinjer fastset at det skal rapporterast om verdsarvområda sin tilstand og utviklinga deira kvart sjette år. Alle områda med unntak av Vega er blitt evaluerte, og det blir arbeidd med å følgje opp evalueringane. I 2005 skal det gjennomførast ei periodisk rapportering på tilstanden til stadane som var innskrivne før 1998. Rapporteringa skal skje etter retningslinjer og format gitt av UNESCOs World Heritage Center og skal koordinerast for dei nordiske og baltiske landa.

I 2004 vart Noreg medlem av UNESCO sin verdsarvkomité, og blir representert ved Riksantikvaren. Den nordiske verdsarvstiftinga (Nordic World Heritage Foundation – NWHF), som vart etablert i 2002, har som føremål å styrkje arbeidet med UNESCO-konvensjonen for vern av verdas kultur- og naturarv.

Arbeidsmål 3.1. I samarbeid med aktuelle partar arbeide for at andre sektorar tek større ansvar for kulturminne knytt til eiga verksemd.

Sektorstyresmaktene har ansvaret for å setje i stand og halde ved like kulturminne i statleg eige, og for at deira eiga verksemd tek godt nok omsyn til eksisterande kulturminne og kulturmiljø. Regjeringa arbeider for at omsynet til kulturminneverdiane får ein større plass i sektorstyresmaktene si utforming av politikken på ei rekkje område.

Regjeringa vil syte for at staten blir eit godt føredøme som eigar og forvaltar av kulturhistorisk verdifull eigedom. Moderniseringsdepartementet har i samarbeid med aktuelle departement sett i gang eit prosjekt for å registrere statlege kulturhistoriske eigedommar (SKE-prosjektet). I samband med dette prosjektet er Riksantikvaren med i ei arbeidsgruppe som skal utarbeide retningslinjer for forvalting av desse eigedommane.

Arbeidsmål 3.2. Gjennomføre fredingar i samsvar med sektorvise verneplanar.

I 2003 vart 14 ordinære fredingar (kml §§ 15 og 19) vedtekne. Åtte av desse sakene inngår i «Fredningsplan for etterreformatoriske kulturminner i Telemark». 119 ordinære enkeltståande fredingssaker (kml §§ 15, 19 og 20 inklusive mellombelse fredingar) er under arbeid på landsbasis. Av desse er 23 initierte av Riksantikvaren og 96 av regionalforvaltinga. I 2003 vart sju ståande byggverk frå perioden 1537 – 1649 erklærte/tinglyste som automatisk freda (kml § 4 tredje ledd).

Fire enkeltståande forskriftsfredingar vart vedtekne i 2003. Dette er saker som er reiste i samband med avhending av statlege eigedommar, dvs. utanom sektorvis verneplan. Det blir arbeidd med ytterlegare seks enkeltståande forskriftsfredingar.

Fredinga av bygningar og anlegg i «Verneplan for jernbanebygninger» var fullført i 2003.

Fredinga av kulturmiljøet Kongsberg Sølvverk vart fullført i 2003. Fylkeskommunen skal fullføre Riksantikvaren sitt utkast til forvaltningsplan for dette kulturmiljøet.

Freding av bygningar og anlegg som inngår i Landsverneplan for Forsvaret, vart vedteke ved for­skrift 6. mai 2004. Fredinga omfattar ca. 450 objekt (bygningar, forsvarsanlegg o.a.) fordelt på 84 lokalitetar.

Verkemiddel

Resultatområdet er planlagt finansiert med totalt 215,3 mill. kroner i 2005-budsjettet. Finansieringa er i hovudsak dekt av Riksantikvaren si budsjettramme, jf. kap. 1429 og budsjettramma som omfattar avkastninga frå Kulturminnefondet, jf. kap. 1432. Kapitla 1400 og 1410 inneheld òg budsjettmidlar som medverkar til finansieringa av resultatområdet i 2005.

Dei økonomiske verkemidla på kulturminnefeltet skal medverke til å ta vare på den historiske kulturarven vår. Midlane skal i første rekkje nyttast til dei nasjonalt viktige kulturminna: freda kulturminne frå mellomalderen og frå nyare tid, og viktige satsingar som kystkultur og verdsarvområda. Regjeringa legg vekt på at tilskotsmidla skal gå til konkrete tiltak på kulturminna. Det er private eigarar som skal prioriterast med tilskotsmidlar. Dei har eit spesielt ansvar for å ivareta kulturminne av nasjonal verdi. Tilskotsmidla løyser ut stor innsats både økonomisk og arbeidsmessig frå eigarane sin side, og dei har stor innverknad på lokalt byggje- og anleggsarbeid. Kulturminne og kulturmiljø gir høve til auka verdiskaping, både i «seg sjølve» og som del av ein større heilskap. Gode døme på dette er stavkyrkjene og verdsarvstadene som genererer store reiselivsinntekter i fleire kommunar. Vidare har mange av fyra i landet fått ein ny funksjon som ferie- og reisemål. Kulturminne er såleis viktige ressursar for lokalsamfunna og regionane og har mykje å seie for næringsutvikling på staden. Stader med godt bevarte kulturminne og ei særeigen historie og identitet kan ha konkurransefortrinn med omsyn til reiseliv og anna næringsverksemd, og det kan medverke til å oppretthalde busetnad og arbeidsplassar lokalt og regionalt. Regjeringa vil leggje til rette for at kulturminna kan bli ein ressurs for lokalt og regionalt utviklingsarbeid. Det er sett i gang arbeid med å få fram gode døme på måtar å nytte kulturminna i dette utviklingsarbeidet.

Kulturminnefondet som Regjeringa har oppretta, er ein viktig reiskap for å sikre utvikling og verdiskaping basert på kulturminneressursane. Fondet skal ha ei rolle som pådrivar for å stimulere og utløyse prosjekt med potensiale for verdiskaping. Styret for Kulturminnefondet gjer vedtak om tildeling av midlar innanfor ramma av gjeldande vedtekter og føresegner. Grunnideen for fondet er å få til eit maksimalt samspel mellom offentlege og private midlar. Føresetnaden er at fondsmidlane skal løyse ut midlar frå privatpersonar, næringsliv og andre. Tilskotstildelinga for 2003 og 2004 viser at tilskota frå fondet løyser ut betydeleg meirinnsats og midlar frå dei private aktørane. Det er eit mål at Kulturminnefondet skal føre til meir fleksible og effektive samarbeidsformer mellom offentleg og privat sektor og byggje opp under ein styrkt verneinnsats.

Dei viktigaste kulturminna og kulturmiljøa av nasjonal verdi skal sikrast gjennom freding etter kulturminnelova. Lokal deltaking er eit viktig strategisk verkemiddel for å nå resultatmåla i resultatområde 3. Forvaltninga av kulturminne og kulturmiljø skjer i dag i stor grad innanfor rammene av plan- og bygningslova. Det er derfor viktig å få fram opplysningar tidleg i planarbeidet for å unngå dyre og tidkrevjande prosessar, if. resultatområde 9 Regional planlegging .

Kulturminnebasen Askeladden, som no er i drift og blir vidareutvikla, er eit moderne IT-basert planleggingsverktøy for informasjon om kulturminne og kulturmiljø og for overvaking av tilstand og rapportering om miljøstatus. Basen vil medverke til å førebyggje konfliktar og lette og effektivisere arbeidet med plansaker for offentlege og private aktørar.

Internasjonalt samarbeid om bevaring av kulturminne og kulturmiljø skjer gjennom nordiske fora, i norskrussisk samarbeid, innan Europarådet, gjennom EØS-samarbeidet og innanfor UNESCO, bl.a. gjennom Den nordiske verdsarvstiftinga (Nordic World Heritage Foundation) i Oslo. Stiftinga skal støtte gjennomføringa av UNESCO sin verdsarvkonvensjon (World Heritage Convention) av 1972, og vere med å utvikle modellar for berekraftig forvaltning av kulturminne, jf. arbeidsmål 2.3. Riksantikvaren er fagsenter for kulturminneforvaltning i bistandsarbeidet og skal i samarbeid med NORAD syte for at kulturminneinteressene blir tekne vare på i norske bistandsprosjekt. Ein viser elles til omtale under resultatområde 8.

For omtale av Den europeiske landskapskonvensjonen, som trådde i kraft 1. mars 2004, blir det vist til resultatområde 9.

9 Resultatområde 4: Overgjødsling og oljeforureining

Definisjon og avgrensing

Resultatområdet omfattar arbeidet med å førebyggje og redusere utsleppa av partiklar, næringssalt (nitrogen og fosfor) og olje til vassførekomstane. Kravstilling til privat og kommunal beredskap mot akutt forureining frå olje og kjemikaliar er òg dekt av dette resultatområdet. Utsleppa av næringssalt og partiklar kjem i hovudsak frå kommunale avløp, landbruk, fiskeoppdrett og industri, og kan føre til skadar på økosystemet i form av nedslamming og overgjødsling. Utsleppa av olje kjem frå landbasert verksemd, skipsfart og petroleumsverksemd, og kan skade organismar og økosystem i havet, på sjøbotnen, i strandsona og i jordsmonnet. Resultatområdet omfattar internasjonalt havmiljøarbeid, slik som oppfølging av bl.a. Nordsjø-deklarasjonane, OSPAR-konvensjonen, London-konvensjonen og konvensjonar innan den internasjonale skipsfartsorganisasjonen (IMO), så vel som relevante EU-direktiv.

Strategisk mål

Det skal sikrast ein vasskvalitet i ferskvatn og marine område som medverkar til å halde oppe arter og økosystem, og som tek omsyn til helse og trivsel for menneska.

Nasjonale resultatmål, miljøvernforvaltninga sine arbeidsmål og resultatindikatorar og statusbeskriving

Nedanfor følgjer ei oversikt over dei nasjonale resultatmåla og miljøvernforvaltninga sine eigne sektorvise arbeidsmål og miljøvernforvaltninga sine resultatindikatorar innanfor resultatområde 4 Overgjødsling og oljeforureining.

Tabell 9.1 Mål- og indikatortabell for resultatområde 4 Overgjødsling og oljeforureining

Nasjonale resultatmål

Miljøvernforvaltninga sine arbeidsmål

Resultatindikatorar

1. Utsleppa av næringssalta fosfor og nitrogen til eutrofipåverka delar av Nordsjøen skal vere redusert med om lag 50 pst. innan 2005 rekna frå 1985.

1.1 Utslepp frå kommunal avløpssektor skal vere i samsvar med forslag til nytt avløpsregelverk i forureiningsforskrifta.

Talet på anlegg med gjennomført primær, sekundær og tertiær reinsing blir vurdert mot talet på anlegg som skal ha dei ulike reinsetypane.

2. Operasjonelle utslepp av olje skal ikkje medføre uakseptabel helse- eller miljøskade. Risikoen for miljøskade og andre ulemper som følgje av akutt forureining skal liggje på eit akseptabelt nivå.

2.1. Operasjonelle utslepp av olje og miljøfarlege stoff til sjø frå petroleums-verksemda skal stansast eller minimerast innan 2005 (nullutslepp).

Mengd utslepp av olje i vatn frå petroleumsverksemda.

Talet på og mengd akutte utslepp av olje frå petroleumsverksemd, skip og landbaserte utslepp.

2.2. Innan 2006 skal det etable- rast ordningar som sikrar at utsleppskrav til skipsfarten blir overhaldne i samarbeid med relevante sektorstyresmakter.

Talet på mottaksordningar for avfall frå skip.

Talet på og mengd oppdaga ulovlege utslepp av olje frå skip.

2.3. Verksemd som kan medføre akutt forureining skal til ei kvar tid ha eit akseptabelt beredskapsnivå sett i forhold til risikoen for akutt forureining.

Talet på godkjende private og kommunale beredskapsplanar.

Det nasjonale resultatmålet for reduksjon av utsleppa av næringssalta fosfor og nitrogen til dei eutrofipåverka delane av Nordsjøen er i stor grad knytte til nordsjøsamarbeidet, der dei deltakande landa er samde om å oppnå ein 50 pst. reduksjon av utsleppa av desse næringssalta innan 2005. Det har dei seinare åra vore gjennomført ei rekkje tiltak for å redusere utsleppa av både fosfor og nitrogen til desse områda som er eutrofipåverka, og oppfyllinga av EUs avløps- og nitratdirektiv vil vere viktig for å nå denne målsetjinga. I perioden 1985 til 2002 vart den menneskeskapte fosfor- og nitrogentilførselen til nordsjøområdet redusert med respektive 64 pst. og 41 pst. Målet om 50 pst. reduksjon av utsleppa av næringssalta nitrogen og fosfor til eutrofipåverka delar av Nordsjøen er dermed nådd for fosfor, mens det framleis står att tiltak for å nå målet for nitrogen.

Statusbeskriving

Arbeidsmål 1.1. Utslepp frå kommunal avløpssektor skal vere i samsvar med forslag til nytt avløpsregelverk i forureiningsforskrifta.

Forslag til ny forskrift om utslepp frå avløpsanlegg var ute på høyring i fjor haust. Forskriftsforslaget var bl.a. basert på EU sitt avløpsdirektiv. Det blir no arbeidd med å vidareutvikle avløpsregelverket ytterlegare slik at det blir meir heilskapleg og standardisert. Avløpsreglane vil inngå som ein del av forskrift om avgrensing av forureining (forureiningsforskrifta). Kommunane er tidlegare blitt oppmoda om å setje i gang førebuingar til å gjennomføre tiltak i tråd med direktivet så raskt som mogleg, slik at dei er budde på krava som vil bli stilte i den nye forskrifta. I samband med dette er det viktig at kommunar som ønskjer unntak frå sekundærreinsekravet set i gang nødvendige resipientundersøkingar. Dette vil klargjere kva reinsegrad dei ulike anlegga må oppfylle.

Arbeidsmål 2.1. Operasjonelle utslepp av olje og miljøfarlege stoff til sjø frå petroleumsverksemda skal stansast eller minimerast innan 2005 (nullutslepp).

Den viktigaste kjelda til utslepp av olje frå petroleumsverksemda er produsert vatn. Det vart i 2003 registrert utslepp på til saman 2 361 tonn olje saman med det produserte vatnet frå operasjonelle utslepp frå petroleumsverksemda. Dette er ein nedgang samanlikna med utsleppa i 2002. Men dei akutte utsleppa frå petroleumsverksemda auka, frå 100 tonn olje i 2002, til 737 tonn olje i 2003. Auken skuldast i stor grad eitt enkelt akutt utslepp på 638 tonn olje. I 2003 var dei totale operasjonelle utsleppa av offshorekjemikaliar på 130 000 tonn, som er ein reduksjon samanlikna med utsleppa i 2002. Delen miljøfarlege kjemikaliar som blir nytta og sleppte ut er også monaleg redusert dei siste åra. I 2003 vart det registrert utslepp av ca. 73 tonn miljøfarlege stoff, hovudsakleg naturleg førekommande miljøfarlege stoff i produsert vatn. Dette er ein nedgang samanlikna med 2002, då utsleppa var på 87 tonn miljøfarlege stoff.

Arbeidsmål 2.2. Innan 2006 skal det etablerast ordningar som sikrar at utsleppskrav til skipsfarten blir overhaldne i samarbeid med relevante sektor­styresmakter.

Det er dei ulovlege utsleppa frå skipsfarten som utgjer hovudutfordringane. I 1998 vart Nordsjøen oppretta som spesielt område under MARPOL 73/78-konvensjonen sitt vedlegg om oljeforureining frå skip. Dette inneber strengare utsleppskrav enn dei generelle reglane for utslepp av olje frå skip. Gjennom Kystverket sitt system for overvaking vart det identifisert ca. 74 ulovlege utslepp frå skip i år 2003, mot 95 i 2002. I mengd er utsleppa rekna til å vere i underkant av 165 m(140 tonn) olje i 2003, mot 142 m(121 tonn) i 2002. Ein reknar elles med betydelege mørketal for ulovlege utslepp frå skip. Eit samarbeid mellom Nordsjølanda har som mål å oppnå ei meir effektiv straffeforfølging av slike ulovlege utslepp frå skip.

Forskrift om levering og mottak av avfall og lasterestar frå skip pålegg alle hamner å ha tilstrekkeleg mottakskapasitet for avfall frå skip. Alle hamner var innan 1. juli 2004 pålagt å utarbeide ein handlingsplan for mottaksordningar og avfallshandtering. Ei første talfesting av talet på mottaksanlegg frå skip vil bli gjennomført våren 2005.

Arbeidsmål 2.3. Verksemd som kan medføre akutt forureining skal til ei kvar tid ha eit akseptabelt beredskapsnivå sett i forhold til risikoen for akutt forureining.

Alle operatørselskapa på norsk sokkel må etablere ein akseptabel beredskap mot akutt forureining basert på miljø- og risikoanalyse før leite- og produksjonsverksemd startar. På landsida har ca. 70 bedrifter godkjende beredskapsplanar. Alle høgrisikobedrifter er dekte. Kommunane dekkjer sitt beredskapsansvar gjennom interkommunalt samarbeid, og landet er inndelt i 34 interkommunale samarbeidsregionar som alle har godkjende beredskapsplanar. Det vart registert 126 akutte utslepp av olje og andre kjemikaliar frå landbasert verksemd i 2003. I mengd er utsleppa utrekna til 433 m (368 tonn).

Verkemiddel

Resultatområdet er planlagt finansiert med totalt 49 mill. kroner over Miljøverndepartementet sitt budsjett for 2005. Finansieringa er i hovudsak dekt over Statens forureiningstilsyn si budsjettramme, jf. kap. 1441, men òg kap. 1400, 1410 og 1448 inneheld budsjettmidlar som skal medverke til finansiering av resultatområdet i 2005. Fylkesmannen har òg ansvar for store oppgåver under resultatområde 4. Ein viser til nærare omtale av desse under resultatområde 11. Midlar til lønn og drift for desse oppgåvene er budsjetterte på kap. 1510 Fylkesmannsembeta, under Arbeids- og administrasjonsdepartementet sitt budsjett.

Gjennom lov om kommunale vass- og kloakkavgifter, med tilhøyrande forskrift, er kommunen gitt høve til å dekkje sine kostnader på avløpssektoren gjennom gebyr. Miljøverndepartementet fører eit overordna tilsyn med korleis denne ordninga fungerer og behov for eventuelle endringar.

I Sem-erklæringa og i St.meld. nr. 12 (2001-2002) Rent og rikt hav har Regjeringa varsla ei meir heilskapleg og økosystembasert forvaltning av hav-, kyst og vassdragsområde. Dette skal gjennomførast m.a. ved etablering av heilskapelege forvaltningsplanar for alle norske havområde og ved gjennomføringa av rammedirektivet for vatn. Regjeringa har styrkt dette arbeidet med 3 mill. kroner for 2005. Miljøverndepartementet utviklar i samarbeid med andre aktuelle departement ein heilskapleg forvaltningsplan for området Lofoten-Barentshavet. Formålet med forvaltningsplanen er å etablere rammevilkår som gjer det mogleg å balansere næringsinteressene knytte til fiskeri, sjøtransport og petroleumsverksemd innafor ramma av ei berekraftig utvikling. Forvaltningsplanen vil etablere miljøkvalitetsmål og rammer for påverknad i dei enkelte delane av havområdet, og på den måten gi føringar for kva slag krav som må stillast til verksemd i dei ulike delane av havområdet. Planen skal baserast på utgreiingar av konsekvensar av petroleumsverksemd, fiskeri og sjøtransport, som er respektive Olje- og energidepartementet og Fiskeridepartementet sitt ansvar. I tillegg har Miljøverndepartementet ansvaret for utgreiing av konsekvensar for Barentshavet av klimaendringar og langtransporterte forureiningar med meir (ytre påverknader). Utgreiinga om petroleumsverksemda vart ferdig hausten 2003, mens dei andre utgreiingane vart sende på høyring i juni 2004. Det blir teke sikte på å leggje fram forvaltningsplanen for Stortinget i vårsesjonen 2006.

I ferskvatn og dei kystnære områda legg St.meld. nr. 12 (2001-2002) Rent og rikt hav opp til ei forvaltning etter EU sitt rammedirektiv for vatn. Direktivet set som mål at ein skal oppnå såkalla «god tilstand» i vassførekomstane innan 2015. Ei kartlegging av «økologisk tilstand» (biologisk mangfald) og «kjemisk tilstand» (forureining) i alle norske vassførekomstar skal ferdigstillast og rapporterast til ESA i 2005. Nødvendige overvakingsprogram skal setjast i verk innan 2006. Gjennomføringa av direktivet skjer i fellesskap mellom Miljøverndepartementet, Olje- og energidepartementet, Fiskeridepartementet, Landbruksdepartementet og Helsedepartementet. 50 pst. av norske vassførekomstar vart i 2004 vurdert i forhold til om dei vil oppfylle målet i direktivet i 2015. Dei resterande, som har usikker status og derfor er mest ressurskrevjande, skal kartleggjast i løpet av 2005. Arbeidet vil bli gjennomført i samarbeid mellom etatar under departementa som er nemnde ovanfor. Av etatar underlagt Miljøverndepartementet vil arbeidet særleg krevje ressursar i Statens forureiningstilsyn, som koordinerer bidraga frå miljøvernforvaltninga. Meir langsiktige kostnader som oppstår ved gjennomføringa av tiltak utløyste av direktivet, vil avhenge av kva slag resultat den kartlegginga av vassførekomstane som er nemnt ovanfor gir. Det vil bli nødvendig med ekstra ressursinnsats til overvaking og tiltak i vassførekomstar som viser seg å ikkje ha tilfredsstillande kvalitet, og til utarbeiding av forvaltningsplanar mv. Miljøverndepartementet og dei aktuelle departementa vil komme tilbake til dette i budsjettproposisjonar i åra framover.

Innan kommunal avløpssektor og fiskeoppdrett blir det nytta utsleppsløyve/pålegg om reinsing, i medhald av forureiningslova, og bruk av forureiningsgebyr for å sikre gjennomføring av pålegga. Departementet vil prioritere arbeidet med å betre vasskvaliteten i Vansjø i Østfold. Vassdraget er drikkevasskjelde for om lag 60 000 menneske, og er sterkt overbelasta med næringssalt. Delar av Vansjø har fått ei kraftig algeoppblomstring med innslag av giftige algar. Departementet vil styrkje arbeidet med å betre vasskvaliteten i vassdraget, og har derfor prioritert midlar på budsjettet for 2005 til utgreiingar og gjennomføring av ekstraordinære tiltak for å betre situasjonen i vassdraget. Opprydding i utslepp av avløpsvatn i vassdraget er likevel eit kommunalt ansvar. Her gjeld prinsippet om at forureinar skal betale. Kommunane har dei nødvendige verkemidla til å syte for god nok reinsing av utslepp frå enkelthus og hytter, og til å oppgradere det kommunale avløpsnettet der det er nødvendig. Tiltak i Vansjø-Hobølvassdraget har tidlegare fått støtte frå kap. 1441 post 65 Tilskot til heilskapleg vassforvaltning. Denne posten vart frå 2004 innlemma i rammetilskotet til kommunane. Dette inneberer at kommunane som fikk tilskot frå kap. 1441 post 65 i 2003, fikk et auka rammetilskot i 2004, som vil trappast gradvis ned dei neste tre åra, inntil det er omfordelt innanfor inntektssystemet til kommunane.

Departementet vil styrkje arbeidet med miljøvennleg skipsfart. Dette arbeidet skjer via sjøfartsdirektoratet som er fagleg underlagt Miljøverndepartementet i saker som gjeld forureining og vern om det marine miljø. Det er derfor oppretta eit nytt kapittel 1445 «Arbeidet med miljøvennleg skipsfart i Sjøfartsdirektoratet» post 21, knytt til arbeidet med bl.a. faren for spreiing av framande organismar via ballastvatn i skip, samt arbeid med å redusere avfall, oljeforureining, klima- og NOX-utslepp frå skip.

Den som driv verksemd som kan medføre akutt forureining skal i medhald av forureiningslova ha ein tilfredsstillande beredskap. Den offentlege beredskapen (kommunal og statleg) er derfor i prinsippet eit supplement til den private beredskapen. Beredskapen for petroleumsverksemda er basert på miljøvernstyresmaktene sitt felles regelverk med tryggleiksstyresmaktene (Petroleumstilsynet og Sosial- og helsedirektoratet). Internkontroll, som òg omfattar beredskap, er gjennomført hos alle operatørselskap. Operasjonelle utslepp til sjø frå petroleumsverksemda er regulert gjennom forureiningslova, mens sjødugleikslova regulerer utslepp frå skip. På oppdrag frå Statens forureiningstilsyn har operatørselskapa utgreidd ein strategi med tiltaksplan for nullutslepp av miljøfarlege stoff for kvar enkelt installasjon. Tiltaka omfattar både utslepp frå boring/brønnoperasjonar, produksjon og rørleidningar. Rapportering frå operatørselskapa i 2003 av resultat for arbeidet med nullutslepp viste positive resultat, særleg med omsyn til reduksjon av mengda miljøfarlege stoff i tilsette kjemikaliar. Det er likevel viktig at selskapa gjennomfører planlagde tiltak for at målet om nullutslepp skal bli nådd.

Det er brei semje om at kunnskapsgrunnlaget om moglege langtidsverknader av utslepp til sjø frå petroleumsverksemda ikkje er godt nok. På denne bakgrunnen har Regjeringa i samarbeid med industrien sett i gang eit forskingsprogram i regi av Noregs forskingsråd på langtidseffektar av utsleppa til sjø frå petroleumsverksemda.

Miljøvernstyresmaktene arbeider vidare for å nyttiggjere seg data frå satellittovervaking av havområda i den langsiktige miljøovervakinga.

10 Resultatområde 5: Helse- og miljøfarlege kjemikaliar

Definisjon og avgrensing

Resultatområdet omfattar arbeidet med å førebyggje og redusere bruk og utslepp av miljøgifter og andre helse- og miljøfarlege kjemikaliar til jord, luft og vatn nasjonalt. Resultatområdet omfattar òg internasjonalt arbeid, bl.a. oppfølginga av Stockholm-konvensjonen, Rotterdam-konvensjonen, miljøgiftprotokollar under FN sin økonomiske kommisjon for Europa (ECE) og kjemikaliespørsmål innan OSPAR-konvensjonen, Nordsjø-deklarasjonane og FN sitt miljøprogram UNEP. Kjemikaliar som bryt ned ozon, drivhusgassar og kjemikaliar som medfører grenseoverskridande og lokale ­luft­forureiningar er dekte under resultatområde 7 Klima­endringar, luftforureining og støy.

Strategisk mål

Utslepp og bruk av helse- og miljøfarlege kjemikaliar skal ikkje føre til helseskadar eller skadar på naturen si evne til produksjon og sjølvfornying. Konsentrasjonane av dei farlegaste kjemikaliane i miljøet skal bringast ned mot bakgrunnsnivået for naturleg førekommande stoff, og tilnærma null for menneskeskapte sambindingar.

Nasjonale resultatmål, miljøvernforvaltninga sine arbeidsmål, resultatindikatorar og statusbeskriving

Tabell 10.1 Mål- og indikatortabell for resultatområde 5 Helse- og miljøfarlege kjemikaliar

Nasjonale resultatmål:

Miljøvernforvaltninga sine arbeidsmål:

Miljøvernforvaltninga sine resultatindikatorar:

1. Utslepp av enkelte miljøgifter (jf. prioritetslista og kriteria i tabell 10.2) skal stansast eller reduserast vesentleg innan år 2000, 2005 og 2010.

1.1. Sikre stans eller reduksjon i utslepp av kjemikaliane som er omfatta av lista eller kriteria, for dei bruksområda som fell innanfor ansvarsområdet til miljøvernforvaltninga, og i samsvar med fristane i det nasjonale målet.

Indeks for utslepp av kjemikaliar på prioritetslista vekta etter fare for helse og miljø.

2. Utslepp og bruk av kjemikaliar som utgjer eit alvorleg trugsmål mot helse og miljø skal kontinu-erleg reduserast med det mål å stanse utsleppa innan ein gene­rasjon (dvs. innan 2020).

2.1. Bidra til at generasjonsmålet blir nådd gjennom bl.a. internasjonalt arbeid.

Talet på stoff på OSPAR si prioritetsliste.

3. Risikoen for at utslepp og bruk av kjemikaliar blir årsak til skade på helse og miljø skal reduserast vesentleg.

3.1. Sikre vesentleg reduksjon i risikoen for at utslepp og bruk fører til skade på helse og miljø for dei kjemikaliane og bruks­områda som fell innanfor ansvarsområdet til miljøvernforvaltninga.

Utvikling i bruk av:

  • utvalde stoff/stoffgrupper (vurderte etter fare for helse og miljø) på OBS-lista

  • farlege kjemikaliar fordelte på ulike bransjar (alle fareklassar eller CMR-stoff)

  • utvalde produkttypar.

4. Forureina grunn, vatn og ­sediment som skriv seg frå verksemd i tidlegare tider, feildispo­nering av avfall og liknande, skal ikkje medføre fare for alvorlege forureiningsproblem.

4.1. Miljøvernstyresmaktene skal syte for at dei som har ansvar for ­forureina grunn og forureina ­sediment, sikrar at forureininga som skriv seg frå tidlegare verksemd ikkje medfører fare for ­spreiing av alvorleg forureining eller helseskade.

Nøkkeltala på feltet er til vurdering. 2

1 Miljøvernstyresmaktene har ansvaret for den påverknad kjemikaliar har på miljøet generelt. I tillegg har miljøvernstyresmaktene ansvaret for den påverknad kjemikaliar har på helsa til forbrukarane, mens påverknad på helsa til arbeidstakarane er arbeidsstyresmaktene sitt ansvar. Miljøvernstyresmaktene sitt ansvar er vidare avgrensa i forhold til kjemikaliane sine bruksområde. Eksempel på bruksområde som fell utanfor miljøvernstyresmaktene sitt ansvarsområde er plantevernmiddel, legemiddel, veterinærprodukt, kosmetikk, næringsmiddel og ei rekkje bekjempingsmiddel. Endeleg er ansvaret òg avgrensa i forhold til enkelte eigenskapar ved kjemikaliar. Brann- og eksplosjonsfare knytt til kjemikaliar fell utanfor miljøvernstyresmaktene sitt ansvarsområde.

2 Nøkkeltala for forureina grunn og forureina sediment er til vurdering. Det blir arbeidd med å få fram eit sett med nøkkeltal som er betre eigna til å følgje status og utviklinga på feltet. Arbeidet er bl.a. avhengig av eit betre datagrunnlag. Reviderte nøkkeltal vil bli lagt fram seinare i ei stortingsmelding eller -proposisjon.

Tabell 10.2 Liste over prioriterte kjemikaliar som er omfatta av det nasjonale resultatmål 1 (Prioritetslista)

Skal reduserast vesentleg innan 2000 og blir freista stansa innan 2005:

Skal reduserast vesentleg, seinast innan 2010:

Skal reduserast vesentleg innan 2010 også dersom stoffa oppfyller eitt av kriteria under:1

  • Høgklorerte, kortkjeda parafinar

  • PCB

  • Pentaklorfenol

  • Nonylfenol og nonylfenoletoksilat*

  • Oktylfenol og oktylfenoletoksilat*

  • Enkelte tensid

* skal stansast innan 2000

  • Bromerte flammehemmarar

  • 1,2 Dikloretan (EDC)

  • Dioksin og furan

  • Heksaklorbenzen

  • Klorerte alkyl benzen (KAB)

  • Muskxylen

  • Tetrakloreten (PER)

  • Triklorbenzen

  • Trikloreten (TRI)

  • PAH

  • Tributyltinnsambindingar

  • Trifenyltinnsambindingar

  • Bly

  • Kadmium

  • Koppar

  • Kvikksølv

  • Krom

  1. Stoff som vanskeleg let seg nedbryte, hopar seg opp i levande organismar og som

    1. har alvorlege langtidsverk­nader for helse, eller

    2. er svært giftige i miljøet.

  2. Stoff som svært vanskeleg let seg nedbryte og som svært lett hopar seg opp i levande organismar (utan krav til kjende giftigverknader)

  3. Stoff som

    1. blir gjenfunne i næringskjeda (f.eks. i morsmjølk) i nivå som kan representere ein helse- eller miljørisiko, eller

    2. gir tilsvarande grunn til bekymring slik som hor­mon­forstyrrande stoff og tung­metall

    3. Se merknad til tabellen

1 Merknad: Det er identifisert følgjande stoff som tilfredsstiller kriteria i tredje kolonne og som ikkje allereie er oppførte på prioritetslista: Arsen og arsensambindingar, høgklorerte mellomkjeda parafinar, dietylheksylftalat (DEHP) og enkelte PFAS/PFOS-sambindingar.

Statusbeskriving

Arbeidsmål 1.1. Sikre stans eller reduksjon i utslepp av kjemikaliane som er omfatta av lista eller kriteria, for dei bruksområda som fell innanfor miljøvernforvaltninga sitt ansvarsområde, og i samsvar med fristane i det nasjonale målet.

Arbeidsmål 1 omfattar miljøgifter som utgjer særlege helse- og miljøproblem i Noreg. I følgje målet skal utsleppa av stoffa på den første delen av lista vere vesentleg reduserte innan 2000 i forhold til nivået i 1995, og målet er å stanse dei heilt innan 2005. Utsleppa av dei andre miljøgiftene på lista skal reduserast vesentleg innan 2010.

Dei samla utsleppa av alle miljøgiftene på prioritetslista er reduserte frå 1995 til i dag. Utsleppa av miljøgiftene på den første delen av lista er vesentleg reduserte, og målet om at utslepp av oktyl- og nonylfenol og etoksilata deira skulle vere stansa innan år 2000 vart etter miljøvernstyresmaktene sitt syn oppfylt så langt som mogleg. Utsleppa av miljøgiftene på den andre delen av lista er òg reduserte, og for dei aller fleste stoffa sin del er det venta utsleppsreduksjonar i tråd med målet. Det er likevel naudsynt med framhalden innsats for å nå målet om vesentleg reduksjon for alle stoffa på lista innan 2010. Regjeringa har lagt fram handlingsplanar for bromerte flammehemmarar og PCB for å sikre at målet blir nådd for desse stoffa.

Arbeidsmål 2.1. Bidra til at generasjonsmålet blir nådd gjennom bl.a. internasjonalt arbeid.

Målet inneber at utslepp og bruk av kjemikaliar som utgjer eit alvorleg trugsmål mot helse og miljø skal stansast innan ein generasjon (25 år frå 1995 då målet vart vedteke, dvs. innan 2020). Stoffa som er omfatta av generasjonsmålet er dei som er rekna som miljøgifter. Målet er nedfelt i miljøgiftstrategien i OSPAR. Innan OSPAR er rundt 50 stoff prioriterte for tiltak. Eit liknande mål har òg blitt vedteke i EU sitt rammedirektiv for vatn. Både Stockholm-konvensjonen om organiske miljøgifter og Rotterdam-konvensjonen om handel med farlege kjemikaliar trådde i kraft i 2004 og styrkte den internasjonale reguleringa av miljøgifter. Reduserte utslepp av stoff omfatta av resultatmål 1 og stoff omfatta av internasjonale konvensjonar og plikter medverkar til at vi kjem nærare dette målet.

Arbeidsmål 3.1. Sikre vesentleg reduksjon i risikoen for at utslepp og bruk fører til skade på helse og miljø for dei kjemikalia og bruksområda som fell innanfor miljøvernforvaltninga sitt ansvarsområde.

Arbeidsmålet er retta mot det meir generelle arbeidet med å hindre helse- og miljøskade frå kjemikaliar. Målet inneber at stadig mindre helse- og miljøfarlege kjemikaliar skal inngå i produksjon, produkt og avfall, og at kjemikaliar skal nyttast på ein måte som reduserer risikoen for helse- og miljøskade til eit minimum. Utviklinga i bruken av kjemikaliar som er omfatta av styresmaktene si OBS-liste viser at bruken av slike stoff ikkje er vesentleg endra frå 1999 til 2002.

Arbeidsmål 4.1. Miljøvernstyresmaktene skal syte for at dei som har ansvar for forureina grunn og forureina sediment sikrar at forureining som skriv seg frå tidlegare verksemd ikkje medfører fare for spreiing av alvorleg forureining eller helseskade.

I St.prp. nr. 1 (1999-2000) og St.meld. nr. 8 (1999-2000) vart det utførleg gjort greie for dei resultata som var oppnådde i arbeidet med forureina grunn, og samtidig trekt opp ein strategi for å forsterke og målrette arbeidet på dette området. Omtale av strategien og status i arbeidet med forureina grunn er følgt opp vidare i St.meld. nr. 25 (2002-2003) Regjeringens miljøvernpolitikk og rikets miljøtilstand. Det er identifisert om lag 100 lokalitetar der det skal vere gjennomført tiltak i løpet av 2005 for å sikre at forureininga ikkje utgjer fare for helse eller miljø. Det er vidare identifisert om lag 500 lokalitetar der det i løpet av 2005 skal vere gjennomført nødvendige undersøkingar om miljøtilstanden og klarlagt eventuelt behov for oppryddingstiltak. Per 15. august 2004 var respektive 33 og 276 av desse sakene avslutta på tilfredsstillande måte, og resultata så langt tilseier at måla vil bli nådde innan fristen. Det vil i løpet av 2004 bli utarbeidd forslag til ein strategi for det vidare arbeidet med forureina grunn etter 2005, der også dei aktuelle sektorstyresmaktene vil bli trekte inn.

I St.meld. nr. 12 (2001-2002) Rent og rikt hav vart det gitt ein brei presentasjon av arbeidet med forureina sediment, og trekt opp ein ny heilskapleg strategi for det vidare arbeidet med opprydding i forureina sediment. Strategien er utforma med tre parallelle løp: 1) å hindre spreiing av miljøgifter frå høgrisikoområde og hamner med spreiingsfare, 2) å sikre heilskaplege grep regionalt gjennom fylkesvise tiltaksplanar, og 3) å skaffe auka kunnskap gjennom pilotprosjekt, forsking, overvaking og etablering av eit nasjonalt råd. Det vart i 2003 sett i verk konkret oppfølging innanfor alle tre strategiområda. Dette arbeidet er ført vidare i 2004, med bl.a. opprydding i fleire høgrisikoområde, aktivitetar på fire pilotprosjekt og oppfølging av det nyetablerte nasjonale rådet for forureina sediment. Første fase i utarbeiding av fylkesvise tiltaksplanar for forureina sediment er gjennomført i 29 utpeikte område. For 15 av desse er det prioritert å utarbeide ferdige planar i løpet av 2005. For alle andre kystområde skal det vere utarbeidd ferdige planar innan 2009. Det har vore gjennomført ei nasjonal kartlegging av skipsverft o.l., og ca. 200 stader er prioriterte for vidare oppfølging. Det er òg gjennomført undersøkingar av utvalde småbåthamner i fem fylke, som vil danne grunnlag for ei brei vurdering av forureiningsomfang og behov for tiltak i større småbåthamner langs kysten. Utover dette går det føre seg viktige forskings- og overvakingsaktivitetar på feltet.

Verkemiddel

Resultatområdet er planlagt finansiert med totalt 160,8 mill. kroner. Finansieringa er i hovudsak dekt over Statens forureiningstilsyn sitt budsjett kap. 1441 og kapitla 1400 og 1410. Fylkesmannen har òg ansvar for oppgåver under resultatområde 5. Ein viser til nærare omtale av desse under resultatområde 11. Midlar til lønn og drift for desse oppgåvene er budsjetterte på kap. 1510 Fylkesmannsembeta, under Arbeids- og administrasjonsdepartementet sitt budsjett. Lov om vern mot forureiningar og om avfall (forureiningslova), Lov om kontroll med produkt og forbrukartenester, og forskrifter gitt i medhald av desse er dei sentrale juridiske styringsverktøya på kjemikalieområdet.

Regjeringa vil i 2005 auke innsatsen for å kartleggje førekomstar av miljøgifter i naturen, jf. kap. 1441 post 01. Det skal òg gjerast kartleggingar av innhaldet av miljøgifter i ulike produkt. Dette vil gi styresmaktene og andre aktuelle aktørar eit betre grunnlag for å redusere utsleppa.

Regjeringa vil følgje opp dei nasjonale handlingsplanane for bromerte flammehemmarar og PCB, prioriterte miljøgifter som krev særskilt innsats. Forbodet mot å ha PCB-haldige kondensatorar i lysarmatur i bruk gjeld frå 1. januar 2005, og tilsyn for å sikre at forbodet blir etterlevt vil bli prioriterte. Statens forureiningstilsyn har gjennom enkeltvedtak kunna forlenga fristen for gjennomføring av kravet, under føresetnad av at miljømålet venteleg blir nådd, at utsetjinga blir gitt på bakgrunn av godkjent utfasingsplan, og at det parallelt blir arbeidd for å auke den delen som skifter ut heile armaturen, slik at tilleggsgevinst på energisparing kan utløysast. Fordi kondensatorane utgjer liten fare i bruk, medfører desse krava at utsetjinga ikkje gir negative helse- eller miljøkonsekvensar. Utforminga og behandlinga av enkeltsøknader er arbeidskrevjande både for styresmaktene og for verksemdene. Det er derfor sendt på høyring utkast til å forskriftsfeste utsetjing av fristen, på dei same vilkåra som er praktiserte gjennom enkeltvedtak.

I 2004 vart det forskriftsfesta plikt for importørar og produsentar til å delta i retursystem for PCB-haldige isolerglasruter som skal syte for innsamling og miljømessig forsvarleg behandling av slike ruter. Tilsyn med at forskrifta blir etterlevd vil bli prioritert i 2005. Arbeidet for å auke kompetansen ved identifisering og sanering av PCB i bygningar vil bli ført vidare i 2005.

Frå 1. juli 2004 vart det forbode å bruke dei to farlegaste bromerte flammehemmarane. Mange ulike tiltak er sette i verk for å kartleggje og redusere utslepp av bromerte flammehemmarar frå alle kjelder til utslepp, både forbod og pålegg, kartlegging og overvaking, informasjonstiltak, kontrolltiltak og internasjonal innsats for å regulere bruken av desse stoffa. I oppfølginga av handlingsplanen har det vore særskilt fokus på forureiningssituasjonen i Mjøsa. Miljøverndepartement vil i løpet av 2004 også leggje fram ein handlingsplan mot utslepp av kvikksølv.

Internasjonalt arbeid er spesielt viktig, då ei stor mengd av dei helse- og miljøfarlege kjemikaliane som blir tilførte miljøet i Noreg stammar frå utslepp i andre land, og blir ført til Noreg via luft- og havstraumar. I tillegg blir det innført ei rekkje kjemikaliar via produkt som er produserte utanfor Noreg. Forslaget til nytt kjemikalieregelverk i EU (REACH) har spesielt stor innverknad for Noreg fordi regelverket vil bli ein del av EØS-avtala. Regjeringa vil medverke til å utvikle eit godt nytt europeisk kjemikalieregelverk gjennom dei fora Noreg deltek i, og Noreg skal medverke til effektiv gjennomføring og utviding av regionale og globale avtaler og konvensjonar på kjemikalieområdet. Noreg ønskjer at fleire miljøgifter skal omfattast av dei eksisterande globale konvensjonane. Noreg vil òg arbeide for at kvikksølv og andre tungmetall blir omfatta av ei global, bindande avtale for å eliminere utslepp så langt som mogleg, og medverke til å utvikle ein effektiv global kjemikaliestrategi for å betre den internasjonale forvaltninga av kjemikaliar.

Informasjon er nødvendig for at brukarar skal kunne erstatte farlige kjemikaliar med alternativ som medfører mindre risiko. Produktregisteret er eit landsdekkjande register for farlege kjemikaliar og stoffblandingar som blir produserte i og importerte til Noreg. Produktregisteret arbeider med å leggje til rette for elektronisk deklarering av farlege kjemikaliar. I denne samanhengen vil ein òg betre tilrettelegginga av offentleg informasjon for allmenta.

Regjeringa vil styrkje arbeidet for at forbrukarar skal kunne ta miljøvennlege val, og dermed redusere bruk av produkt som inneheld helse- og miljøfarlege kjemikaliar. Regjeringa vil særleg ha fokus på miljøgifter i forbrukarprodukt i dette arbeidet.

Verkemiddel for arbeidet med forureina grunn og forureina sediment er presenterte i St.meld. nr. 25 (2002-2003) Regjeringens miljøvernpolitikk og rikets miljøtilstand og i St.meld. nr. 12 (2001-2002) Rent og rikt hav. Utgangspunkt for arbeidet med forureina grunn og forureina sediment er at forureinar skal betale, og det viktigaste verkemidlet for å få rydda opp er pålegg etter forureiningslova. I tillegg er det løyvd midlar til dette arbeidet over Miljøverndepartementet sitt budsjett, for bl.a. undersøkingar og opprydding i område der den ansvarlege ikkje kan påleggjast dei fulle kostnadene, sjå postomtalen til kap. 1441, post 39 Oppryddingsmidlar. Løyvinga blir trappa opp ytterlegare i 2005. I tillegg er bestillingsfullmakta vidareført med 25 mill. kroner.

Ei rekkje lokalitetar med forureina grunn representerer ikkje noko vidare forureiningsproblem med den bruken av områda som er i dag, men forureiningsrisikoen må vurderast i samband med aktuelle byggje- og gravesaker. For slike saker er det no fastsett eit nytt kapittel om opprydding i forureina grunn ved byggje- og gravearbeid i den nye samleforskrifta om avgrensing av forureining, som bl.a. inneheld krav om utarbeiding av plan for å unngå spreiing av forureininga under og etter tiltaket.

11 Resultatområde 6: Avfall og gjenvinning

Definisjon og avgrensing

Resultatområdet omfattar arbeidet med å redusere miljøskadelege utslepp som følgje av avfall (inkl. farleg avfall), gjennom å redusere avfallsmengdene, auke gjenvinninga, og dessutan medverke til at avfallet blir utnytta som ein ressurs, og syte for ei forsvarleg sluttbehandling av avfallet, og å medverke til mindre forsøpling. Resultatområdet omfattar òg internasjonalt arbeid, særleg arbeidet med EU-direktiv og oppfølginga av Basel-konvensjonen. Resultatområdet omfattar ikkje kjernefysisk avfall, eller avfall frå sprengstoff, eksplosiv mv. Både fiskeavfall som blir dumpa til sjøs og lausmassar, stein og grus er omfatta av avfallsomgrepet, men dei er ikkje årsak til vesentlege ulemper når det gjeld forureining.

Strategisk mål

Det er eit mål å syte for at skadane frå avfall blir så små som mogleg på menneske og naturmiljø. Dette skal gjerast ved å løyse avfallsproblema gjennom verkemiddel som sikrar ein samfunnsøkonomisk god balanse mellom omfanget av avfall som blir generert, og som blir gjenvunne, brent eller deponert.

Nasjonale resultatmål, miljøvernforvaltninga sitt arbeidsmål, resultatindikatorar og statusbeskriving

Tabell 11.1 Mål- og indikatortabell for resultatområde 6: Avfall og gjenvinning

Nasjonale (resultat)mål:

Miljøvernforvaltninga sine arbeidsmål:

Miljøvernforvaltninga sine resultatindikatorar:

1. Utviklinga i generert mengd avfall skal vere vesentleg lågare enn den økonomiske veksten.

1.1. Miljøvernforvaltninga skal stimulere til at generering av avfallsmengdene blir vesentlig lågare enn den økonomiske veksten gjennom verkemiddel for meir riktig prising, kostnads- og ansvarsdeling for avfallshandtering, og gjennom tilskot og kunnskapsformidling1.

Total mengd avfall generert per år sett i forhold til økonomisk vekst målt i BNP.

2. Basert på at mengd avfall til sluttbehandling skal reduserast i tråd med kva som er eit fornuftig nivå av omsyn til samfunnsøkonomi og miljø, er det teke sikte på at mengda avfall til sluttbehandling innan 2010 skal vere om lag 25 pst. av generert avfallsmengd.

2.1. Miljøvernforvaltninga skal medverke til rammevilkår som fører til at avfallsmengda til sluttbehandling skal vere maksimalt 25 pst. av generert avfallsmengd pr. år innan 2010, gjennom forvaltning av forureiningslova, konsesjonspraksis og krav til kommunar og næringsliv1.

Den delen av totalt generert mengd avfall som går til slutt­behandling.

3. Praktisk talt alt farleg avfall skal takast forsvarleg hand om, og anten gå til gjenvinning eller vere sikra god nok nasjonal behandlingskapasitet.

3.1. Miljøvernforvaltninga skal medverke til at praktisk talt alt farleg avfall blir teke forsvarleg hand om ut frå miljøomsyn, og til å sikre god nok nasjonal behandlingskapasitet, gjennom forvaltning av forureiningslova og forskrift om gjenvinning og behandling av avfall, kap. 11 – farlig avfall .

Mengd farleg avfall med ukjend disponering.

Mengd farleg avfall som blir eksportert til sluttbehandling.

Arbeidsmål og oppfølging/verkemiddel knytte til resultatmål 1 vil i betydeleg grad påverke måloppnåinga for resultatmål 2, og omvendt.

Statusbeskriving

Arbeidsmål 1.1. Miljøvernforvaltninga skal stimulere til at generering av avfallsmengd blir vesentleg lågare enn den økonomiske veksten gjennom verkemiddel for meir riktig prising, kostnads- og ansvarsdeling for avfallshandtering, og gjennom tilskot og kunnskapsformidling.1

Miljøvernforvaltninga har få verkemiddel som direkte regulerer genereringa av avfall, men strengare krav til avfallsbehandling, avgift på sluttbehandling av avfall og innføring av produsentansvar er med på å stimulere til avfallsreduksjon. Også arbeidet med berekraftig produksjon og forbruk (jf. resultatområde 11) kan bidra til å redusere veksten i avfallsmengdene.

Den totale avfallsmengda auka med om lag 18 pst. i perioden 1993-2002, mens BNP i same periode auka med 37 pst. Mengda næringsavfall hadde isolert sett ein vesentleg lågare vekst, mens mengda hushaldsavfall auka meir enn BNP i denne perioden.

Arbeidsmål 2.1. Miljøvernforvaltninga skal medverke til rammevilkår som fører til at avfallsmengda til sluttbehandling skal vere maksimalt 25 pst. av generert avfallsmengd pr. år innan 2010, gjennom forvaltning av Forureiningslova, konsesjonspraksis og krav til kommunar og næringsliv.

Strenge krav til handtering av avfall og avgift på sluttbehandling av avfall medverkar til å styre avfallsstraumane i ønskt retning. Særskilte retur- og produsentansvarsordningar for enkelte avfallstypar legg i tillegg til rette for ei stadig aukande grad av gjenvinning.

I 2002 vart om lag 67 pst. av avfallet 1 gjenvunne. Av avfallet som blir gjenvunne går om lag 75 pst. til materialgjenvinning, mens 25 pst. blir nytta til energi. Mengda avfall som blir gjenvunne til material auka med 7 pst. frå 2000 til 2002, og utgjer årleg meir enn 2,4 mill. tonn. For energigjenvinning var auken på 9 pst., mens auken for biologisk behandling var på heile 21 pst. i same periode.

Retursystema for særskilte avfallstypar har oppnådd gode resultat, og medverkar til ein positiv auke i delen avfall som går til gjenvinning. Delen innsamla EE-avfall vart i 2003 berekna til 81 pst.. Mesteparten av dette avfallet blir gjenvunne, samtidig som store mengder farleg avfall blir teke forsvarleg hand om. Retursystema for emballasjeavfall oppnådde i 2003 ein samla gjenvinningsdel på 83 pst.. Retur av drikkevareemballasje har i mange år gitt positive resultat, for eksempel er returdelen for gjenbruksflasker av glas og plast på over 95 pst..

Arbeidsmål 3.1. Miljøvernforvaltninga skal medverke til at praktisk talt alt farleg avfall blir teke forsvarleg hand om ut frå miljøomsyn, og til å sikre god nok nasjonal behandlingskapasitet, gjennom forvaltning av Forureiningslova og forskrift om farleg avfall.

Det løpande arbeidet i miljøvernforvaltninga med regulering og tilsyn med alle som handterer farleg avfall er viktig for å sikre ei høg grad av innsamling og forsvarleg behandling av farleg avfall. Særskilte returordningar medverkar òg til høge tal for gjenvinning, for eksempel EE-avfall.

Det oppstod nær 800 000 tonn farleg avfall i Noreg i 2003. Av dette vart om lag 700 000 tonn levert og handtert i samsvar med gjeldande regelverk. Resterande mengd på om lag 100 000 tonn vart anten handtert ulovleg eller utanom styresmaktene sin kontroll. Dette er ei dobling frå året før, og skuldast at nye typar avfall nå er omfatta av kategorien farleg avfall (CCA- og kreosot-impregnert trevirke).

Verkemiddel

Avfallspolitikken blir gjennomført gjennom eit samspel mellom ei rekkje ulike verkemiddel; lover og forskrifter, avgifter, tilskotsordningar, bransjeavtaler og informasjonstiltak, og kombinasjonar av desse. Resultatområdet er planlagt finansiert med 359,1 mill. kroner, som blir løyvd over kap. 1441 Statens forureiningstilsyn, kap. 1400 Miljøverndepartementet, og i noko grad over kap. 1410 Miljøforsking. Fylkesmannen har òg ansvar for store oppgåver under resultatområde 6. Ein viser til nærare omtale av desse under resultatområde 11. Midlar til lønn og drift for desse oppgåvene er budsjetterte på kap. 1510 Fylkesmannsembeta, under Arbeids- og administrasjonsdepartementet sitt budsjett.

Forskrift om kasserte køyretøy trådde i kraft i juli 2002 og inneber at produsentar og importørar av køyretøy gradvis tek over ansvaret for handtering av kasserte køyretøy fram mot 2007. Innan den tid vil ein vurdere om det er behov for å vidareføre den statlege ordninga eller om det er aktuelt med alternative system for å sikre innlevering av bilvrak. Sjå elles omtale av den statlege ordninga under kap. 1441, post 73 (Tilskot til biloppsamlingssystemet) og post 75 (Utbetaling av pant for bilvrak).

Innsamling og gjenvinning av brukt smøreolje (spillolje) blir stimulert gjennom ei avgift på smøreolje med tilhøyrande avgiftsrefusjon ved innlevering av spillolje til godkjent innsamlar. Refusjonsordninga vart i 2000 utvida til også å omfatte spillolje som ikkje stammar frå avgiftspliktig smøreolje, men framleis med unntak for spillolje som stammar frå skip i utanriksfart. Sjå nærare omtale av refusjonsordninga under kap. 1441, post 76. For nærare omtale av avgifta viser ein til St.prp. nr. 1 (2004-2005) Skatte, avgifts- og tollvedtak.

Over kap. 1400, post 73 Tilskot til kompetanseoppbygging og informasjon om miljøvennleg produksjon og forbruk, blir det gitt driftstilskot til ulike verksemder, jf. postomtalen.

Avgift på forbrenning av avfall vart 1. juli 2004 omgjort til ei avgift basert på utsleppa av miljøskadelege stoff til luft. Avgifta prisar no miljøkostnadene ved forbrenning av avfall individuelt for alle anlegg, samtidig som den legg betre til rette for ytterlegare gjenvinning og auka avfallsbasert energiproduksjon, jf. både energi- og klimapolitikken. Sjå elles omtale i St.prp. nr. 1 (2003-2004) Skatte-, avgifts- og tollvedtak.

Det er framlagt eit forslag til strategi for handtering av alt nedbryteleg avfall for Miljøverndepartementet. Statens forureiningstilsyn foreslår at det frå 2009 blir innført eit forbod mot deponering av alt nedbryteleg avfall, at eksisterande verkemiddel skal brukast meir effektivt, og at avfallsplanar i kommunal byggjesaksbehandling skal gjerast obligatoriske.

I 2003 gav Miljøverndepartementet Statens forureiningstilsyn i oppdrag å vurdere miljøproblema knytte til utrangerte fritidsbåtar og eventuelle behov for nye verkemiddel. Utrangerte fritidsbåtar er i dag ikkje vurderte til å utgjere eit vesentleg miljøproblem, men det vil bli sett i gang et arbeid for å vurdere høvet til å etablere eit samarbeid mellom relevante aktørar for å leggje betre til rette for handteringa av slike båtvrak. Regjeringa vurderer det som ikkje nødvendig å innføre særskilte verkemiddel for handtering av utrangerte fritidsbåtar no.

Innsamling og ombruk eller gjenvinning av emballasje for drikkevarer blir stimulert gjennom ei miljøavgift som blir redusert i takt med aukande returdel. I tillegg er det ei grunnavgift på eingongsemballasje til drikkevarer for å stimulere til bruk av ombruksemballasje framfor emballasje som kan gjenvinnast. Innsamling og gjenvinning av annan emballasje er regulert gjennom frivillige avtaler med næringslivet. Desse avtalene vart fornya i 2003, og dei ambisiøse krava til gjenvinning vart vidareførte.

Innsats knytt til å redusere helse- og miljøfarlege stoff i ulike produkt, jf. resultatområde 5, vil ha innverknad på arbeidet med å redusere miljøproblema frå avfall. Kjemikaliepolitikken har som mål å redusere utslepp og bruk av helse- og miljøfarlege kjemikalar, noko som vil medverke til å redusere mengda farleg avfall som oppstår. I tillegg er det behov for at det stadig blir lagt til rette for forsvarleg handtering av farleg avfall frå eit stadig aukande tal produkt. Statens forureiningstilsyn har derfor på oppdrag frå MD utarbeidd eit forslag til strategi for auka innsamling av farleg avfall. Målet med strategien er både å auke innsamlinga av farleg avfall og å redusere mengda farleg avfall som oppstår.

PCB-haldige isolerglasruter utgjer truleg den største potensielle kjelda til PCB-forureining som er att. Det er derfor no vedteke ei forskriftsmessig plikt for importørar og produsentar til å delta i eit returselskap som skal syte for innsamling og miljømessig forsvarleg behandling av slike ruter.

Anlegg for sluttbehandling av avfall er konsesjonspliktige, og det er stilt strenge krav til reinsing av utslepp frå deponi og forbrenningsanlegg. I 2002 vart det fastsett ei forskrift med nye krav knytte til deponering av avfall, mens nye krav til forbrenning av avfall vart fastsette gjennom ny forskrift i 2003.

Dei sentrale juridiske styringsverktøya på avfallsfeltet er lov om vern mot forureiningar og om avfall (forureiningslova), og forskrift om gjenvinning og behandling av avfall (avfallsforskrifta).

12 Resultatområde 7: Klimaendringar, luftforureining og støy

Resultatområdet omfattar følgjande underområde:

  • Klimaendringar

  • Nedbryting av ozonlaget

  • Langtransporterte luftforureiningar

  • Lokal luftkvalitet

  • Støy

Resultatområdet er planlagt finansiert med totalt 171,9 mill. kroner. Finansieringa er i hovudsak dekt over kap. 1400, og kapitla 1410, 1441 og 1471.

12.1 Klimaendringar

Definisjon og avgrensing

Resultatområdet omfattar arbeidet med å redusere utslepp og auke opptak av klimagassar, under dette karbondioksid (CO2), metan (CH4) og lystgass (N2O). Resultatområdet omfattar òg internasjonalt arbeid, bl.a. oppfølging av Klimakonvensjonen og Kyotoprotokollen.

Strategiske mål

Konsentrasjonen av klimagassar skal stabiliserast på eit nivå som vil hindre farleg, menneskeskapt påverknad av klimasystemet i tråd med artikkel 2 i Klimakonvensjonen.

Nasjonale resultatmål, miljøvernforvaltinga sine arbeidsmål, resultatindikatorar og statusbeskriving

Tabell 12.1 Mål- og indikatortabell for resultatområde 7, underområde Klimaendringar

Nasjonale resultatmål

Miljøvernforvaltninga sine arbeidsmål

Miljøvernforvaltninga sine resultatindikatorar

1.1. Leie det norske arbeidet med å vidareutvikle Klimakon­vensjonen og Kyotoprotokollen til å bli miljø- og kostnads-effektive instrument for å redusere utslepp og auke opptaket av klimagassar

Status for dei internasjonale ­forhandlingane og landa si ­oppfølging av avtalene.

Tilstrekkeleg ratifikasjon for at Kyotoprotokollen skal kunne tre i kraft.

Ferdigstilling og implementering av regelverket for Kyotoprotokollen.

Igangsetting av forhandlingar om nye forpliktingar etter 2012.

2. Noreg skal overhalde forpliktinga i Kyotoprotokollen om at utsleppa av klimagassar i perio- den 2008-2012 i gjennomsnitt ikkje skal vere meir enn 1 pst. høgare enn i 1990.

2.1. Leie det nasjonale arbeidet med å vidareutvikle og imple­mentere bruken av verkemiddel for å avgrense utsleppa av klimagassar i Noreg.

Utvikling i nasjonale utslepp av ­klimagassar. Styrken i bruken av verkemiddel overfor klimagassar. Utviklinga og gjennomføringa av kvotesystem og andre verke­middel.

2.2. Medverke til å redusere ­konsekvensane av utslepp ved bruk og produksjon av energi i samarbeid med energi­styresmaktene.

Omfang av utnytting av lokale og nye fornybare energikjelder.

Statusbeskriving

Arbeidsmål 1.1. Leie det norske arbeidet med å vidareutvikle Klimakonvensjonen og Kyotoprotokollen til å bli miljø- og kostnadseffektive instrument for å redusere utslepp og auke opptaket av klimagassar.

Noreg ratifiserte Kyotoprotokollen i 2002. Protokollen trer i kraft når minst 55 partar har ratifisert den, blant desse industriland som stod for minst 55 pst. av dei samla CO2-utsleppa frå industrilanda i 1990. Sidan USA ikkje vil ratifisere, må Russland ratifisere for at protokollen skal kunne tre i kraft. I 2003 og 2004 har arbeidet internasjonalt bl.a. vore knytt til oppfylling av forpliktingar under Klimakonvensjonen og praktisk tilrettelegging for iverksetjing av Kyotoprotokollen. Ein har vidare fokusert på operasjonalisering av Den grøne utviklingsmekanismen (CDM) og ferdigstilling av CDM-regelverket for opptak av CO2i skog.

Regjeringa vil at Noreg skal vere ein aktiv deltakar i internasjonalt klimasamarbeid, bl.a. i arbeidet med å utvikle vidare Klimakonvensjonen og Kyotoprotokollen til å bli miljø- og klimaeffektive instrument for å avgrense utsleppa og auke opptaket av klimagassar. Regjeringa ønskjer å leggje til rette for at norsk industri og næringsliv skal kunne delta aktivt i internasjonalt klimasamarbeid, bl.a. gjennom bruk av Kyoto-mekanismane.

Regjeringa vil òg arbeide for at førebuingar til forhandlingar om internasjonale forpliktingar for åra etter 2012 (etter perioden med forpliktingar under Kyotoprotokollen) kjem i gang så snart som mogleg. Under den niande Partskonferansen under Klimakonvensjonen i desember 2003 viste det seg vanskeleg å få i gang førebuande diskusjonar om nye forpliktingar etter 2012. Ein må vere budd på at dette òg vil vere stoda under den tiande Partskonferansen i Buenos Aires i desember 2004.

Kyotoprotokollen krev oppretting av nasjonale kontaktpunkt for godkjenning av prosjekt under Den grøne utviklingsmekanismen og felles gjennomføring. Regjeringa har vedteke å opprette eit slikt kontaktpunkt under Miljøverndepartementet.

Arbeidsmål 2.1. Leie det nasjonale arbeidet med å vidareutvikle og implementere bruken av verkemiddel for å avgrense utsleppa av klimagassar i Noreg.

Utsleppa av klimagassar i 2003 var om lag 56 mill. tonn CO2-ekvivalentar. Dette er 2 pst. høgare enn året før, og 8 pst. høgare enn utsleppa i 1990. Klimagassutsleppa i Noreg er venta å auke i åra framover. I 2002 la Regjeringa fram St.meld. nr. 15 (2001-2002) Tilleggsmelding til St.meld. nr. 54 (2000–2001) Norsk klimapolitikk. I tilleggsmeldinga la Regjeringa opp til ein heilskapleg bruk av verkemiddel for å sikre at Noreg oppfyller sine forpliktingar under Kyotoprotokollen. Regjeringa arbeider vidare med oppfølginga av tiltaka som er skisserte i tilleggsmeldinga, inkludert tilrettelegging for bruk av Kyoto-mekanismane. Kyotoprotokollen krev oppretting av nasjonalt kontaktpunkt for godkjenning av prosjekt under Den grøne utviklingsmekanismen og felles gjennomføring. Regjeringa har vedteke å opprette eit slikt kontaktpunkt under Miljøverndepartementet. Regjeringa vil i haust leggje fram for Stortinget lovforslag om kvotehandel med klimagassar for perioden 2005-2007. Som følgje av innføringa av eit nasjonalt kvotesystem for klimagassar er det behov for å etablere og drive eit norsk register for klimakvotar. Kvoteregisteret må vere operativt frå 1. januar 2005. Regjeringa foreslår vidare å auke driftsbudsjettet til ­Statens Forureiningstilsyn for 2005 med 1 mill. kroner til forbetringar i utsleppsrekneskapen for bl.a. klima­gassar.

Arbeidsmål 2.2. Medverke til å redusere konsekvensane av utslepp ved bruk og produksjon av energi i samarbeid med energistyresmaktene.

Utslepp av CO2 frå stasjonær forbrenning svarer til 18,1 millionar tonn i 2001. Regjeringa har som mål å gjere norsk energiproduksjon og energiforbruk mest mogleg robust og miljøvennleg, gjennom m.a. aktiv bruk av Energifondet og Enova SF. Ei viktig målsetjing er dessutan at avfall i langt større grad enn i dag skal erstatte bruk av fossilt brensel.

Verkemiddel

Finansieringa av resultatområde 7, underområda klimaendringar, nedbryting av ozonlaget og langtransporterte luftforureiningar blir dekt over kap. 1400, kap. 1410, kap. 1441 og kap. 1471. CO2-avgifta som vart innført i 1991, vil framleis vere hovudverkemidlet i Noreg inntil eit breitt nasjonalt kvotesystem er på plass. CO2-avgifta dekkjer om lag 69 pst. av CO2-utsleppa og om lag 52 pst. av dei samla utsleppa av klimagassar. Ein viser til Finansdepartementet sin avgiftsproposisjon for ei nærare oversikt over satsane for CO2-avgifta.

Regjeringa vil i haust leggje fram for Stortinget lovforslag om kvotehandel med klimagassar for perioden 2005-2007. EU vedtok i 2003 eit direktiv om kvotehandel for klimagassutslepp, og vil, som Noreg, begynne med kvotehandel med CO2 frå 2005. Enkeltelementa i det norske kvotehandelssystemet frå 2005 vil i så stor grad som råd bli harmoniserte med EU sitt system. Lovforslaget omfattar utsleppskjelder som i dag ikkje er pålagt CO2-avgift, og som ville ha fått kvoteplikt etter EUs kvotesystem. Regjeringa legg opp til at CO2-avgifta blir ført vidare med same omfang som no. I lovforslaget blir det bl.a. lagt opp til at kvotar frå EU sitt kvotesystem og frå Den grøne utviklingsmekanismen (CDM) under Kyotoprotokollen skal kunne nyttast i Noreg på visse vilkår. Samtidig har Regjeringa komme fram til ei forståing med Prosessindustriens Landsforening (PIL) om å redusere klima­gassutsleppa frå prosessindustrien med 20 pst., jamført med 1990-nivået.

Miljøverndepartementet har inngått ei avtale med elektrobransjen om reduserte utslepp av SF6. Frå 1. januar 2003 er det innført ei avgift på produksjon og import av HFK og PFK. Det blir vist til avgiftsproposisjonen frå Finansdepartementet for detaljane om denne avgifta. Frå 1. juli 2004 er avgifta supplert med ei refusjonsordning for brukt HFK og PFK som blir levert inn til destruksjon. Avgifta og refusjonsordninga skal saman bidra til å motverke at ozonreduserande gassar som blir fasa ut blir erstatta av klimagassane HFK og PFK, i staden for meir miljøvennlege alternativ. Sjå òg omtale under kapittel 1441 post 76. Som ledd i klimapolitikken vil Regjeringa medverke til auka bruk av nye fornybare energikjelder. Enova SF skal medverke til å oppfylle nasjonale energi- og miljømål, og spelar gjennom sine tilskotsordningar ei sentral rolle i arbeidet med å auke bruken av ny fornybar energi. Regjeringa legg i tillegg opp til at avfall i større grad enn i dag skal erstatte bruk av fossilt brensel. Som eit ledd i dette arbeidet vart avgifta på forbrenning av avfall 1. juli 2004 omgjort til ei utsleppsbasert avgift. Avgifta prisar no miljøkostnadene ved forbrenning av avfall, samtidig som den stimulerer til ytterlegare gjenvinning og auka avfallsbasert energiproduksjon.

Dei nordiske energi- og miljøministrane har vedteke å etablere eit prøveprosjekt for Austersjø-regionen for utprøving av Kyoto-mekanismane for å skaffe nærare erfaring med slikt prosjektsamarbeid. Prøveprosjektet trådde i kraft i 2003, og ein finansieringsmekanisme vart oppretta under Det nordiske miljøfinansieringsselskapet (NEFCO).

Regjeringa vil sjå nærare på eit sterkare statleg engasjement i bruk av Kyotomekanismane, utover noverande engasjement i Verdsbanken sitt karbonfond og prøveprosjektet for Austersjøregionen, og korleis eit slikt engasjement eventuelt skal leggjast opp.

Regjeringa har styrkt og fokusert den klimavitskaplege forskinga i Noreg på område av spesiell verdi for Noreg. Satsinga er retta mot forskingsmiljø på eit høgt fagleg nivå, som gjennom kvalitet og val av fordjupingsområde kan få fram resultat av spesiell verdi for problemforståing og politikkutforming, både nasjonalt og internasjonalt. Bl.a. er fors­king rundt den regionale klimautviklinga, arktisk klimaforsking og forsking på utvikling av strategiar for tilpassing til klimaendringar prioritert. Noreg har lange tradisjonar, høg kompetanse og eit særskilt ansvar for å vere eit føregangsland innan forvalting, forsking og samarbeid i nordområda. Noreg har engasjert seg sterkt i Arktisk Råd si omfattande utgreiing om konsekvensar av klimaendringar for natur og samfunn i Arktis (Arctic Climate Impact Assessment, ACIA) som vart sett i gang i 2000. Dei endelege resultata frå ACIA­-arbeidet skal leggjast fram for Arktisk Råd sitt ministermøte i november 2004. Regjeringa vil arbeide for at resultata frå ACIA-arbeidet får brei spreiing og blir eit viktig innspel til arbeidet med den fjerde hovudrapporten til FN sitt klimapanel (IPCC) og forhandlingane under Klimakonvensjonen. Regjeringa vil sjå nærare på resultata og vurdere kva for tiltak som vil vere aktuelle for ein nasjonal oppfølging.

Regjeringa vil gjennom tiltak knytte til forsking, informasjon og oppbygging av kompetanse aktivt medverke til å byggje opp beredskap, og leggje til rette for nødvendige samfunnsvise tilpassingar i ulike sektorar for å avgrense skadar og tap som er venta å ville komme på grunn av klimaendringar. Hovudvekta av klimaforskinga er samla i eit stort klimaforskingsprogram, NORKLIMA, som vart starta i 2004. Regjeringa vil leggje vekt på å spreie oppdatert informasjon om klimapolitikken og utviklinga i dei internasjonale klimaforhandlingane. Den faglege informasjonen om klimaspørsmål og prosjekt skjer gjennom SFT og andre direktorat. I tillegg blir det gitt støtte til CICERO, Senter for klimaforsking, for å styrkje informasjonsarbeidet på klimaområdet.

Regjeringa vil også arbeide med utgreiing og utvikling av naudsynte tiltak for tilpassingar til moglege klimaendringar i Noreg.

12.2 Nedbryting av ozonlaget

Definisjon og avgrensing

Resultatområdet omfattar arbeidet med å førebyggje og redusere utsleppa av alle ozonreduserande stoff, bl.a. klorfluorkarbon (KFK), hydroklorfluorkarbon (HKFK), metylbromid og halon. Resultatområdet omfattar òg internasjonalt arbeid, bl.a. oppfølging av Montrealprotokollen.

Strategiske mål

Alt forbruk av ozonreduserande stoff skal stansast i tråd med Montrealprotokollen.

Nasjonale resultatmål, miljøvernforvaltninga sine arbeidsmål, resultatindikatorar og statusbeskriving

Tabell 12.2 Mål- og indikatortabell for resultatområde 7, underområde Nedbryting av ozonlaget

Nasjonale mål

Miljøvernforvaltninga sine arbeidsmål

Miljøvernforvaltninga sine resultatindikatorar

3.1. Leie det norske arbeidet med å vidareutvikle Montrealprotokollen til framleis å vere eit miljø- og kostnadseffektivt instrument for å avgrense utslepp av ozonreduserande stoff.

Status i det internasjonale arbeidet:

  • talet på land som har ratifisert og følgjer opp dei ulike endringane av protokollen

  • landa si oppfølging av sine forpliktingar.

4. Det skal ikkje vere forbruk av halon, eller av nokon type klorfluorkarbon (KFK), tetraklormetan, metylkloroform og hydrobromfluorkarbon (HBFK).

4.1. Følgje opp bruken av verkemiddel overfor halon, KFK, tetra­klormetan, metylkloroform og HBFK.

Reell reduksjon i bruk av KFK og halon.

5. Forbruket av metylbromid skal vere stabilisert frå 1995, og fasa ut innan 2005.

5.1. Leie det nasjonale arbeidet med å vidareutvikle og implementere bruken av verkemiddel for å redusere forbruket av metylbromid i Noreg, under dette oppfølging av endringar i ozonforordninga frå EU.

Reell reduksjon i produksjon, import, eksport og bruk av metylbromid.

6. Forbruket av hydroklorfluor­karbon (HKFK) skal vere stabilisert frå 1995, og fasa ut innan 201011.

6.1. Leie det nasjonale arbeidet med å vidareutvikle og implementere bruken av verkemiddel for å redusere forbruket av HKFK i Noreg, under dette følgje opp endringar i ozonforordninga frå EU.

Reell reduksjon i produksjon, import, eksport og bruk av HKFK.

1 Målet er skjerpa som følgje av at Norge har gjennomført EU si forordning av 2000 om stoffer som bryt ned ozonlaget.

Statusbeskriving

Arbeidsmål 3.1. Leie det norske arbeide med å vidareutvikle Montrealprotokollen til framleis å vere eit miljø- og kostnadseffektivt instrument for å avgrense utslepp av ozonreduserande stoff.

I mars 2004 vart det arrangert eit ekstraordinært Partsmøte under Montrealprotokollen for å behandle søknadar frå industriland om unntak i 2005 frå utfasingsforpliktingar til «kritisk bruk» av det sterkt ozonreduserande stoffet metylbromid. I-landa har forplikta seg til full utfasing av metylbromid innan 2005. Det finst likevel høve til unntak for såkalla «kritisk bruk», på område der det ikkje er alternativ som let seg gjennomføre. Noreg søkte ikkje om slike unntak for 2005.

Mange land, inkludert Noreg, var svært kritiske til storleiken på dei første søknadane om unntak, og som for fleire land gjekk over siste utfasingssteg i 2003. Under det ordinære Partsmøtet i november 2003 var det ikkje mogleg for Partane å bli samde om dette spørsmålet. Frå norsk side la ein særleg vekt på å unngå at det vart laga opningar i Montrealprotokollen som ville svekkje den miljømessige effekten av protokollen. Etter vanskelege forhandlingar kom ein under det ekstraordinære Partsmøtet i mars 2004 til slutt fram til eit resultat som ein er nøgd med frå norsk side. Mengda av nyprodusert metylbromid for «kritisk bruk» i utfasingsåret 2005 skal ikkje overstige reduksjonane som er vedtekne for 2003. Det vart òg semje om berre å gi slike unnatak for 2005, slik at søknadar om kritisk bruk etter dette må leggjast fram for ny godkjenning.

Det er elles eit problem at mange land som er partar til Montrealprotokollen, særleg u-land, ikkje har ratifisert alle endringane til protokollen frå 1990, 1992, 1997 og 1999. Det er derfor no diskusjonar om kor vidt ein kan finne måtar å modifisere protokollen på (for eksempel ved å inkludere nye ozonreduserande stoff), utan å gå vegen om lange nasjonale ratifikasjonsprosedyrar.

Arbeidsmåla 4.1. – 6.1. Leie det norske arbeidet med å avgrense utslepp av ozonreduserande stoff og forbruket av desse.

Noreg har oppfylt krava i Montrealprotokollen og gjennomført EU-forordninga om ozonreduserande stoff (forordning (EF) 2037/2000), som for enkelte stoff set strengare mål for utfasing enn Montrealprotokollen. For metylbromid er EU sine delmål at bruken skal reduserast med 75 pst. i høve til 1991-nivå innan 1. januar 2003 og 100 pst. innan 1. januar 2005. Bruken av HKFK skal reduserast med 70 pst. i høve til eit nytt basisnivå (som er lik HKFK-bruken i 1989 pluss 2 pst. av KFK-bruken i 1989) innan 1. januar 2004, 75 pst. innan 1. januar 2008 og 100 pst. innan 1. januar 2010.

Noreg ligg godt an til å nå utfasingsmåla for ozonreduserenda stoff både under Montrealprotokollen og den nye EU-forordninga. Noreg har ingen produksjon av ozonreduserenda stoff. Det blir i dag gitt løyve til import av avgrensa mengder metylbromid og HKFK. I tillegg blir det importert små mengder KFK, teraklormetan (karbontetraklorid) og 1,1,1-trikloretan (metylkloroform) til analysar som er godkjende som essensiell bruk under Montrealprotokollen.

Noreg har i mange år lege i framkant av dei internasjonale føresegnene når det gjeld reduksjon i forbruket av dei ozonreduserande stoffa. Målt i ozonreduserande effekt er norsk forbruk av ozonreduserande stoff redusert med meir enn 98 pst. i perioden 1986 til 2002. I 2002 var bruken av HKFK redusert til 47,5 pst. under EU sitt krav.

Verkemiddel 

Finansiering av resultatområde 7, underområde nedbryting av ozonlaget, blir i hovudsak dekt under kap. 1400 og kap. 1441.

Bakgrunnen for dei gode reduksjonsresultata for ozonreduserande stoff i Noreg er at det er teke i bruk ein kombinasjon av verkemiddel som har verka styringseffektivt. Forskrifter, informasjon, frivillige tiltak og samarbeid mellom styresmaktene og bransjane har stått sentralt. Alle dei ozonreduserande stoffa i Montrealprotokollen er no regulerte gjennom forskrift 1. juni 2004 nr. 922 om avgrensing av bruk av helse- og miljøfarlege kjemikaliar og andre produkt (produktforskrifta) kapittel 6.

Det nasjonale arbeidet er no retta mot kontroll av at føresegnene blir etterlevde, og overvaking av miljøsituasjonen. Noreg har sett i verk ei ordning med lisensiering for import og eksport av ozonreduserande stoff, slik dei nye krava i Montrealprotokollen la opp til frå 1. januar 2000.

12.3 Langtransporterte luftforureiningar

Definisjon og avgrensing

Resultatområdet omfattar arbeidet med å førebyggje og redusere utsleppa av svovel, nitrogenoksid, ammoniakk og flyktige organiske sambindingar. I tillegg omfattar det arbeidet med å betre miljøtilstanden, som f.eks. kalking. Meir enn 90 pst. av nedfallet av svovel og nitrogenoksid i Noreg kjem frå kjelder utanfor landegrensene. Resultatområdet omfattar òg internasjonalt arbeid, m.a. oppfølging av Konvensjonen om langtransporterte grensekryssande luftforureiningar.

Strategiske mål

Utsleppa av svovel, nitrogenoksid, flyktige organiske sambindingar og ammoniakk skal reduserast, slik at påverknaden av naturen blir halden innanfor kritiske belastningsgrenser (naturen sine tolegrenser), og slik at mennesket si helse og miljøet ikkje tek skade, i tråd med artikkel 2 i Gøteborgprotokollen.

Nasjonale resultatmål, miljøvernforvaltninga sine arbeidsmål, resultatindikatorar og statusbeskriving

Tabell 12.3 Mål- og indikatortabell for resultatområde 7, underområde Langtransporterte luftforureiningar1

Nasjonale mål

Miljøvernforvaltninga sine arbeidsmål

Miljøvernforvaltninga sine resultatindikatorar

7.1. Leie det norske arbeidet under Konvensjonen om langtransportert grensekryssande luftforureining med sikte på å hindre overskridingar av kritiske belastningar.

Del av økosystem i respektive Noreg og heile avtaleområdet som er verna mot overskriding av tolegrenser for forsuring, bakkenært ozon og overgjødsling.

8. Dei årlege utsleppa av svovel­dioksid (SO2-utsleppa) skal ­maksimalt vere 22 000 tonn f.o.m. 2010.

8.1.-11.1 Leie arbeidet med å ­utvikle og implementere ytterlegare verkemiddel for reduksjon av nasjonale utslepp av SO2, NOx, VOC og NH3

Utvikling i nasjonale utslepp. Del av utsleppa som er omfatta av verkemiddel og styrken på verkemidla (kr/eining utslepp) i høve til ulike sektorar.

9. Dei årlege utsleppa av nitro­genoksid (NOX) skal maksimalt vere 156 000 tonn f.o.m. 2010. Fram til 2010 skal dei årlege utsleppa ikkje vere større enn nivået i 1987.

9.1. Sjå ovanfor.

Utvikling i nasjonale utslepp. Del av utsleppa som er omfatta av verkemiddel og styrken på verkemidla (kr/eining utslepp) i høve til ulike sektorar.

10. Dei årlege utsleppa av flyktige organiske sambindingar (nmVOC) skal snarast mogleg reduserast til nivået frå 1988, og f.o.m. 2010 skal dei årlege utsleppa av (nm VOC) maksimalt vere 195 000 tonn.

Dei årlege utsleppa av VOC frå heile fastlandet og norsk økonomisk sone sør for 62. breiddegrad skal snarast mogleg reduserast med 30 prosent i høve til nivået i 1989.

10.1. Sjå ovanfor.

Utvikling i nasjonale utslepp. Del av utsleppa som er omfatta av verkemiddel og styrken på verkemidla (kr/eining utslepp) i høve til ulike sektorar.

11. Dei årlege utsleppa av ammoniakk (NH3-utsleppa) skal maksimalt vere 23 000 tonn f.o.m. 2010.

11.1. Sjå ovanfor.

Utvikling i nasjonale utslepp. Del av utsleppa som er omfatta av verkemiddel og styrken på verkemidla (kr/eining utslepp) i høve til ulike sektorar.

1 Samtlege resultatmål reflekterer dei forpliktingar Noreg har teke på seg for dei omtalte stoffene i protokollar under ECE-konvensjonen om langtransportert grensekryssande luftforureiningar, inkludert Gøteborgprotokollen som Noreg har ratifisert, men som enno ikkje har trådd i kraft.

Statusbeskriving

Arbeidsmål 7.1. Leie det norske arbeidet under Konvensjonen om langtrans­portert grensekryssande luftforureining med sikte på å hindre overskridingar av kritiske belastningar.

Noreg er avhengig av omfattande reduksjonar av utslepp i Europa for å løyse miljøproblema som skriv seg frå langtransportert luftforureining. I 1999 vart det vedteke ein protokoll om reduksjon av forsuring, overgjødsling og bakkenært ozon (Gøteborgprotokollen) under ECE-konvensjonen om langtransportert grensekryssande luftforureining. 31 statar har underteikna protokollen, mens 12 partar har ratifisert den per 1. september 2004. Noreg ratifiserte protokollen 30. januar 2002. Det er venta at protokollen vil tre i kraft i 2004 eller 2005, når 16 partar har ratifisert.

Protokollen regulerer landa sine utslepp av svoveldioksid (SO2), nitrogenoksid (NOX), ammoniakk (NH3) og flyktige organiske sambindingar (VOC). Noreg sine forpliktingar i høve til den nye protokollen er reflekterte i dei nasjonale måla. I 1985 var tolegrensene for forsuring overskridne på 25 pst. av Noreg sitt areal. Denne delen var redusert til om lag 13 pst. i 2000. Med full effekt av Gøteborgprotokollen vil område med overskridingar av tolegrenser for forsuring bli ytterlegare reduserte. Likevel vil tolegrensene vere overskridne på om lag 7-8 pst. av arealet i Noreg i 2010. Gøteborgprotokollen inneheld ei føresegn om at partane eitt år etter at protokollen trer i kraft bl.a. skal vurdere om forpliktingane er tilstrekkelege til å nå dei langsiktige måla om at forureiningane ikkje skal overstige naturen si tolegrense for forsuring, overgjødsling og bakkenært ozon. Ein treng omfattande fagleg kunnskap, analysar og overvaking av forureiningsbelastninga og miljøtilstanden for å utvikle effektive internasjonale avtaler som byggjer på naturen sine tolegrenser og kritiske belastningsgrenser for menneskeleg helse. Ved revisjon av Gøteborgprotokollen er det òg aktuelt å regulere landa sine utslepp av partiklar som medverkar til helseproblem. Det faglege arbeidet som skal danne grunnlag for revisjon av Gøteborgprotokollen har starta, både nasjonalt og internasjonalt. Norske fagmiljø og miljøforvaltninga deltek aktivt i dette arbeidet.

Arbeidsmåla 8.1.-11.1. Leie arbeidet med å utvikle og implementere ytterlegare verkemiddel for reduksjon av nasjonale utslepp av SO2, NOX, VOC og NH3.

Det er i følgje framskrivingane av utsleppa av svoveldioksid (SO2) rekna med at dei norske utsleppa utan nye miljøtiltak vil vere om lag 26 000 tonn i 2010. Utsleppa var i 2003 22 800 tonn. Dette er ein liten auke frå 2002. Noreg vil likevel overhalde den internasjonale forpliktinga for SO2 som går fram av svovelprotokollen frå 1994. For å overhalde forpliktinga i Gøteborgprotokollen innan 2010 må Noreg redusere utsleppa av SO2 med 3 pst. i høve til 2003.

På bakgrunn av forpliktinga i Gøteborgprotokollen har Miljøverndepartementet og Prosessindustriens Landsforening (PIL) inngått ei intensjonsavtale om reduksjonar i svovelutsleppa. Då avtala vart inngått forplikta prosessindustrien seg til å redusere dei årlege utsleppa av SO2 med minimum 5 000 tonn. Prosessindustrien tok òg på seg å leggje fram konkrete forslag til korleis ein slik utsleppsreduksjon kan gjennomførast, og samtidig leggje fram forslag til korleis ein samla reduksjon på 7 000 tonn kan gjennomførast på ein måte som er kostnadseffektiv for Noreg. Utslepp frå den enkelte verksemda vil bli regulerte i utsleppsløyve frå SFT. Stortinget vedtok på denne bakgrunnen å fjerne avgifta for utslepp av SO2 frå bruk av kol og koks og frå raffineria frå 1. januar 2002. Det er venta at gjennomføring av avtala med PIL vil sikre at Noreg overheld forpliktinga i Gøteborgprotokollen om utslepp av SO2.

Framskrivingar viser at dei årlege utsleppa av NOX kan ventast reduserte til om lag 190 000 tonn i 2010 med dei tiltaka som er vedtekne til no. Utsleppa av NOX i 2003 var 219 600 tonn. Dette er ein liten auke frå 2002 og ligg 10 100 tonn under gjeldande internasjonale krav. For å overhalde kravet i Gøteborgprotokollen må Noreg redusere utsleppa av NOX med 29 pst. i høve til 2003. For NOX-utsleppa er bruken av verkemiddel i dag utforma med utgangspunkt i St.meld. nr. 41 (1994-95) Om Norges politikk mot klimaendringer og utslipp av nitrogenoksider (NOX). Utsleppa av NOX frå køyretøy er regulerte gjennom køyretøyforskriftene til vegtrafikklova. Krava er gjort strengare i tråd med utviklinga av EU sitt regelverk på området. Det vart i 2000 innført differensiert årsavgift på tunge køyretøy etter utsleppa av bl.a. NOX. Låg-NOX-brennarar blir tekne i bruk ved installering av nye gassturbinar på norsk sokkel der slik teknologi er kommersielt tilgjengeleg. Sjøfartsorganisasjonen i FN, IMO, har vedteke regelverk som set krav til NOX-utslepp frå skip som er bygde eller oppgraderte 1. januar 2000 eller seinare. Det er naudsynt med strengare verkemiddel for at Noreg skal overhalde NOX-forpliktinga i Gøteborgprotokollen. Dei største utfordringane er knytte til å redusere utsleppa av NOX frå innanriks sjøfart og fiske utover det som følgjer av IMO sine krav.

Dei samla norske utsleppa av VOC auka med 33 pst. frå 1990 til 2001. Frå 2001 til 2003 vart utsleppa reduserte med 23 pst. Dette varslar ein ny trend med reduksjon i utsleppa. I 2003 var utsleppa av VOC 301 400 tonn. Forpliktinga vår under VOC-protokollen av 1991 tilsvarer 252 000 tonn. For å etterleve forpliktinga i Gøteborgprotokollen må Noreg redusere utsleppa av VOC med 35 pst. i høve til 2003.

For å redusere utsleppa ned til eit nivå som er innanfor det vi har forplikta oss til internasjonalt, er utslepp av VOC frå lasting og lagring av råolje på sokkelen no regulerte gjennom utsleppsløyve etter forureiningslova. Noreg har gjennom forskrifter gjennomført eit EU-direktiv om å redusere VOC-utsleppa frå lagring og distribusjon av bensin frå terminalar til bensinstasjonar og eit direktiv om utslepp av VOC frå bruk av løysemiddel i visse verksemder og anlegg. Krava i VOC-protokollen av 1991, som skulle ha vore innfridde i 1999, ligg ein no an til å greie i 2005 og 2006, gjennom dei utsleppskrava som no er sette til lasting og lagring av råolje på sokkelen. Desse krava vil, saman med dei andre tiltaka som er nemnde ovafor, venteleg føre til at Noreg oppfyller VOC-forpliktinga i Gøteborgprotokollen òg.

Utsleppa av ammoniakk i Noreg auka med om lag 12 pst. i perioden 1990-2003. Auken skuldast i hovudsak auka utslepp av ammoniakk frå landbruket og frå personbilar med trevegs katalysator. Om lag 90 pst. av ammoniakkutsleppa i Noreg skjer i landbruket. Det er venta at utsleppa vil endre seg lite fram mot 2010 utan nye tiltak. For å overhalde krava etter Gøteborgprotokollen må Noreg frå 2010 halde dei årlege utsleppa av ammoniakk på same nivå som i 2003 eller lågare.

Verkemiddel

Finansiering av arbeidet under resultatområde 7, underområde langtransportert luftforureining, blir i hovudsak dekt under kap. 1400 og kap. 1441.

Regjeringa vil føre vidare den aktive medverknaden frå Noreg si side i det omfattande internasjonale samarbeidet knytt til forsking, utgreiing og kartlegging av miljøproblem som skuldast langtransportert luftforureining. Dette arbeidet omfattar bl.a. overvaking, undersøkingar og analysar for å etterprøve at dei protokollane som allereie er i kraft har hatt dei venta miljøeffektane, og som grunnlag for forhandlingar om moglege nye protokollar. Dei nasjonale overvakingsprogramma, forskingsprogram under Noregs forskingsråd, og Miljøverndepartementet sitt program Naturen sine tolegrenser, er sentrale for å leggje grunnlag for nye avtaler om langtransportert luftforureining. Miljøvernforvaltninga medverkar òg til finansiering av dei internasjonale programma under Konvensjonen om langtransportert grensekryssande luftforureining. Som grunnlag for val av tiltak og verkemiddel for å overhalde Noreg sine forpliktingar om utsleppsreduksjonar analyserer miljøvernforvaltninga, i samarbeid med andre styresmakter, bl.a. potensialet for utsleppsreduksjonar ved ulike tiltak og verkemiddel, og kostnadar ved desse.

I tillegg til dei verkemidla for reduksjon av utslepp som er nemnde under statusbeskrivinga er Noreg gjennom EU-direktivet om integrert forureiningskontroll (IPPC-direktivet) pålagt å stille krav til bruk av dei beste tilgjengelege teknikkane (BAT) når det gjeld utslepp av m.a. SO2, NOX og VOC frå store energi- og industrianlegg, både på land og på sokkelen. SFT arbeider no med å følgje opp dette kravet gjennom fastsetjing av nye utsleppsløyve. Gjennomføringa av IPPC-direktivet vil vere viktig for å overhalde Noreg sine plikter under Konvensjonen om langtransportert, grensekryssande luftforureining.

Miljøstyresmaktene tek, så langt bl.a. forureiningslova gir høve til det, sikte på å utforme utsleppsløyve slik at det blir mogleg for industrien å oppfylle reduksjonskravet ved å gå saman om å setje i verk felles tiltak som reduserer utsleppa der industrien finn det mest tenleg.

Det blir no arbeidd med ein heilskapleg gjennomgang av bruken av verkemiddel for å oppfylle krava til reduksjonar av utslepp i Gøteborg-protokollen. Som det går fram av statusbeskrivinga har ein i hovudsak avklart kva for verkemiddel som skal nyttast for å overhalde forpliktingane for SO2, VOC og ammoniakk. Regjeringa vil følgje utviklinga i utslepp av desse gassane og vurdere nærare om det er behov for endringar i verkemidla. For NOX må ein ta i bruk strengare verkemiddel. I det pågåande utgreiingsarbeidet legg ein særleg vekt på å finne fram til verkemiddel som kan utløyse dei rimelegaste tiltaka på skip og båtar. Regjeringa vil ved seinare høve komme tilbake til Stortinget med endringar i bruken av verkemiddel som er naudsynte for å overhalde forpliktingane i Gøteborgprotokollen.

12.4 Lokal luftforureining

Definisjon og avgrensing

Resultatområdet omfattar arbeidet med å førebyggje og redusere helseskadelege utslepp av dei stoffa som gir redusert luftkvalitet lokalt. Hovudkjeldene til slike utslepp er vegtrafikk og ved­fyring, men andre kjelder medverkar òg. Resultatområdet omfattar òg internasjonalt arbeid, med utvikling og oppfølging av EU-direktiv som det mest sentrale.

Strategiske mål

Lokale problem med luftforureining skal føre­byggjast og reduserast slik at ein tek omsyn til helse og trivsel for menneska.

Nasjonale resultatmål, miljøvernforvaltninga sine arbeidsmål, resultatindikatorar og statusbeskriving

Tabell 12.4 Mål- og indikatortabell for resultatområde 7 underområde Lokal luftkvalitet

Nasjonale resultatmål

Miljøvernforvaltninga sine arbeidsmål

Miljøvernforvaltninga sine resultatindikatorar

12. Gjennomsnittleg døgnkon­sentrasjon av svevestøv (PM10) skal innan 2005 ikkje overskride 50 m/m3 meir enn 25 dagar per år og innan 2010 ikkje meir enn 7 dagar per år.

12.1.-15.1. Medverke til å nå dei nasjonale måla for luftkvalitet ved å syte for reduserte utslepp frå stasjonære kjelder og betre miljøkvalitet på drivstoff og fyringsolje.

Utslepp av svevestøv (PM10), nitrogendioksid (NO2), svovel­dioksid (SO2) og benzen frå store stasjonære kjelder.

13. Gjennomsnittleg timekonsentrasjon av nitrogendioksid (NO2) skal innan 2010 ikkje overskride 150 m/m3 meir enn 8 timar per år.

14. Gjennomsnittleg døgnkonsentrasjon av svoveldioksid (SO2) skal innan 2005 ikkje overskride 90 m/m3.

15. Gjennomsnittleg årskonsentrasjon av benzen skal innan 2010 ikkje overskride 2 m/m3 som bybakgrunnsverdi.

Statusbeskriving

Arbeidsmål 12.1.-15.1. Medverke til å nå dei nasjonale måla for luftkvalitet ved å syte for reduserte utslepp frå stasjonære kjelder og betre miljøkvalitet på drivstoff og fyringsolje.

Lokal luftforureining er framleis eit problem i fleire av dei største byane i Noreg, sjølv om utviklinga dei siste ti åra viser ei betydeleg betring. Utrekningar viser at i Oslo vart i 2001 rundt 200 000 menneske utsette for konsentrasjonar som var høgare enn dei nasjonale måla. Endå fleire vart utsette for forureining som kan gi helseverknader for spesielt utsette grupper. Det må setjast i verk ytterlegare tiltak for å nå dei nasjonale måla for svevestøv for 2005 og 2010. Det synest òg nødvendig med ytterlegare tiltak for å nå målet for 2010 for nitrogendioksid. Konsentrasjonen av svoveldioksid og benzen i by- og tettstadsluft vil truleg vere innanfor dei nasjonale måla i respektive 2005 og 2010.

Vegtrafikk er den dominerande kjelda til lokal luftforureining. For NO2-konsentrasjonar i byar og langs vegar er eksosgassar frå vegtrafikk hovudkjelda. Likevel er utsleppa av NOX frå vegtrafikk redusert med 37 pst. frå 1990 til 2001 som følgje av innførte avgasskrav. Vegtrafikken er òg ein hovudbidragsytar til partikkelforureining gjennom eksosgassar og vegslitasje, men her kan vedfyring òg vere ei vesentlig kjelde. Gjennom nye krav til utslepp frå tunge køyretøy, kvaliteten på drivstoff og redusert piggdekkbruk er utsleppa av svevestøv frå vegtrafikken blitt reduserte.

Fyring med ved er fleire stader ei vesentleg kjelde til luftforureininga (svevestøv), spesielt på kalde dagar om vinteren. Dette gjeld spesielt dei minste partiklane. Utslepp frå vedfyring auka med 6 pst. frå 1990 til 2001. Utsleppsveksten hadde vore høgare dersom ikkje stadig fleire skifter ut gamle forureinande omnar med nyare og meir miljøvennlege omnar. I tillegg til svevestøv medverkar vedfyring til utslepp av andre helseskadelege sambindingar.

Utslepp frå store, stasjonære kjelder kan i dag føre til enkelte overskridingar av dei nasjonale resultatmåla.

Verkemiddel

Budsjettmidlar til faglege utgreiingar, forsking og miljøovervaking utgjer eit viktig og nødvendig grunnlag for arbeidet med lokal luftkvalitet, og blir dekte under kap. 1441 og 1410. Resultat frå miljøovervaking blir nytta vidare i utrekningsmodellar, utgreiingar av tiltak og i dose-respons-samanhengar. Budsjettmidla blir òg nytta til å utvikle verktøy og metodar.

Føresegna om lokal luftkvalitet i forskrift 1. juni 2004 nr. 931 om avgrensing av forureining (forureiningsforskrifta) kapittel 7 er ei gjennomføring av fire EU-direktiv som set grenseverdiar for konsentrasjonane av svevestøv, svoveldioksid, nitrogendioksid, bly, benzen og karbonmonoksid, og som stiller krav til måling av bakkenær ozon. Forskrifta set òg krav til målingar, utrekningar, tiltaksutgreiingar og rapportering. I tilknyting til føresegna om lokal luftkvalitet følgjer det òg ein rettleiar. Gjennom føresegna om kvaliteten på bensin og autodiesel til bruk i motorvogner i forskrift 1. juni 2004 nr. 922 om avgrensing i bruk av helse- og miljøfarlege kjemikaliar og andre produkt (produktforskrifta), implementerer Noreg EU-direktiv på området. Eit nytt endringsdirektiv stiller strengare krav til bensin og autodiesel frå 2005. Ein viser til omtale av dette i St.prp. nr. 1 (2004-2005) Skatte-, avgifts- og tollvedtak, og framlegget om bruk av avgiftsinsentiv.

Plan- og bygningslova er eit viktig verkemiddel i samband med lokal luftforureining, fordi den kan nyttast til å påverke lokaliseringa av utsleppskjeldene, og til å regulere utnyttinga av omkringliggjande areal. Rikspolitiske retningslinjer for samordna areal- og transportplanlegging skal leggjast til grunn for all planlegging og utøving av mynde i kommunar, fylkeskommunar og statlege organ. Fylkesmannen har òg ansvar for store oppgåver under resultatområde 7. Ein viser til nærare omtale av desse under resultatområde 11. Midlar til lønn og drift for desse oppgåvene er budsjetterte på kap. 1510 Fylkesmannsembeta, under Arbeids- og administrasjonsdepartementet sitt budsjett.

12.5 Støy

Definisjon og avgrensing

Resultatområdet omfattar arbeidet med å førebyggje og redusere dei støyproblema som gir negative helse- og trivselseffektar. Sentralt står òg arbeidet med å fremje stille (fråver av støy) som miljøkvalitet. Hovudkjelda til støyplager er vegtrafikk, men ei rekkje andre kjelder medverkar òg. Resultatområdet omfattar òg internasjonalt arbeid, med utvikling og oppfølging av EU-direktiv som det mest sentrale.

Strategisk mål

Støyproblem skal førebyggjast og reduserast slik at det blir teke omsyn til helse og trivsel for menneska.

Nasjonale resultatmål, miljøvernforvaltninga sine arbeidsmål, resultatindikatorar og statusbeskriving

Tabell 12.5 Mål- og indikatortabell for resultatområde 7 underområde Støy

Nasjonale resultatmål

Miljøvernforvaltninga sine arbeidsmål

Miljøvernforvaltninga sine resultatindikatorar

16. Støyplaga skal reduserast med 25 pst. innan 2010 i forhold til 1999.

16.1. Miljøvernstyresmaktene skal medverke til å nå det nasjonale målet for støy, gjennom bl.a. ved eigne verkemiddel å syte for å redusere støyplagene frå indu­stri, motorsport, skytebaner og enkelte produkt.

Samla støyplage (SPI) frå alle kartlagde kjelder, spesielt SPI for industri, motorsport og skytebaner.

Statusbeskriving

Arbeidsmål 16.1. Miljøvernstyresmaktene skal medverke til å nå det nasjonale målet for støy, gjennom bl.a. ved eigne verkemiddel å syte for å redusere støyplagene frå industri, motorsport, skytebaner og enkelte produkt.

Støy er eitt av dei miljøproblema som rammar flest menneske i Noreg. Rundt 1,7 millionar personar er utsette for støy nær bustaden sin. Eit fleirtal av desse opplever å vere plaga av støyen, og rundt [frac12] million personar er sterkt eller mykje plaga. Støy frå samferdsel utgjer til saman opp mot 90 pst. av støyplaga, og vegtrafikk åleine står for nesten 80 pst. Det er dei ulike sektordepartementa som har hovudansvaret for å sikre ein reduksjon av støyplaga innanfor sin samfunnssektor, og medverke til at det nasjonale resultatmålet for støy kan bli nådd. Skal ein nå målet er det behov for nye tiltak og verkemiddel, særleg retta inn mot støy frå vegtrafikken.

Miljøvernstyresmaktene har eit koordinerings- og pådrivaransvar på støyfeltet, og følgjer opp status og utvikling i støyutsleppa og støyplaga generelt. Miljøvernstyresmaktene har vidare eit ansvar for å medverke til redusert støyplage frå dei ulike kjeldene der miljøvernstyresmaktene sjølve har verkemiddel – konsesjonspliktig industri og næringsverksemd, skytebaner, motorsportbaner og enkelte produkt. Industri- og næringsstøy utgjer ca. 8 pst. av samla støyplage. Støyplagene frå skytebaner, motorsport og produkt er vesentleg mindre. Ein reknar med at støyplaga frå desse kjeldene er omtrent uendra sidan 1999, men det er enno relativt stor uvisse i talmaterialet for dei minste støykjeldene. Tiltak overfor dei støykjeldene der miljøvernstyresmaktene har verkemiddel kan altså berre i avgrensa grad medverke til at det nasjonale målet for støy blir nådd.

Verkemiddel

Budsjettmidlar til faglege utgreiingar, forsking og miljøovervaking utgjer eit viktig og nødvendig grunnlag for arbeidet med støy, og blir dekte over kap. 1441, 1400 og 1410. Miljøovervaking er innhenting av tal over utslepp og andre miljødata, og blir nytta bl.a. i utrekningsmodellar, utgreiingar av tiltak og rapportering av resultat. Både utgreiingsmidlar og forskingsmidlar er sentrale for å kunne utvikle vidare den nasjonale støymodellen for utrekning og oppfølging av støyplaga på tvers av kjelder. Forskings- og utgreiingsmidlar skal vidare medverke til kompetanseoppbygging i dei støyfaglege miljøa og i høgare utdanning.

Kapitlet om grenseverdiar for støy i forskrift om avgrensing av forureining av 1. juni 2004 set krav til gjennomføring av utbetringstiltak innan 1. januar 2005 for dei som er mest utsette for støy. Støy frå bl.a. industri, motorsport og skytebaner kan regulerast gjennom konsesjonssystemet i forureiningslova. Lova om produktkontroll heimlar støykrav til produkt, og er nytta til å gi forskrifter om m.a. leiketøy, fritidsbåtar m.m.

Plan- og bygningslova er, gjennom ein fornuftig arealbruk, det viktigaste verkemidlet for å førebyggje støyproblem. Plansystemet blir nytta til å bestemme lokaliseringa av støykjelder, og til å regulere utnyttinga av areal som ligg omkring. Rikspolitiske retningslinjer for samordna areal- og transportplanlegging skal leggjast til grunn for all planlegging og utøving av mynde i kommunar, fylkeskommunar og hos statlege organ. Retningslinjer for respektive vegtrafikkstøy (blir òg nytta for tog), skytebaner og arealbruk i flystøysoner gitt i medhald av lova skal leggjast til grunn for planlegginga. Planretningslinjene for støy er under revisjon og ligg no til sluttbehandling i Miljøverndepartementet etter avslutta høyringsrunde.

EU vedtok 25. juni 2002 eit rammedirektiv for utandørs støy. Fokus er i første rekkje på kartlegging, informasjon og etablering av felles måleeining og målemetodar for støy. Rammedirektivet stipulerer òg at Europakommisjonen i løpet av 4 år skal ha utarbeidd forslag til reduksjon av støy frå dei viktigaste kjeldene – veg og køyretøy, jernbaner og -materiell, fly, utandørs maskiner og industriutstyr og mobile maskiner. Utkast til forskriftsendring for implementering av direktivet er sendt på høyring med høyringsfrist 8. oktober 2004.

Fylkesmannen har òg ansvar for store oppgåver under resultatområde 7. Ein viser til nærare omtale av desse under resultatområde 11. Midlar til lønn og drift for desse oppgåvene er budsjetterte på kap. 1510 Fylkesmannsembeta, under Arbeids- og administrasjonsdepartementet sitt budsjett.

13 Resultatområde 8: Internasjonalt miljøvernsamarbeid og miljøvern i polarområda

Resultatområdet omfattar følgjande underområde:

  • Internasjonalt miljøvernsamarbeid

  • Miljøvern i polarområda

  • Radioaktiv forureining

13.1 Internasjonalt miljøvernsamarbeid

Definisjon og avgrensing

Til resultatområdet høyrer å ta vare på norske interesser innanfor det generelle internasjonale miljøvernsamarbeidet, og arbeidet med miljø- og utviklingsproblem innanfor organisasjonar knytte til FN-systemet, særleg FNs miljøprogram (UNEP) og Kommisjonen for berekraftig utvikling (CSD), og innanfor Verdas handelsorganisasjon (WTO), OECD, EFTA/EØS, Arktisk Råd og Nordisk Ministerråd (NMR). Internasjonalt arbeid retta mot dei enkelte miljøutfordringane er dekt under dei andre resultatområda. Resultatområdet omfattar vidare regionalt og bilateralt miljøvernsamarbeid med land i Aust-Europa, Indonesia, Kina og Sør-Afrika.

Strategiske mål

Internasjonalt miljøvernsamarbeid skal medverke til å redusere globale miljøproblem og miljøskadar i Noreg som skuldast aktivitetar og utslepp i andre land, sikre ei berekraftig utvikling og betring av miljøtilstanden i nærområda våre og i u-landa, og sikre at internasjonale avtaler og regelverk gir rammevilkår som ikkje svekkjer den nasjonale miljøvernpolitikken.

Nasjonale resultatmål, miljøvernforvaltninga sine arbeidsmål, resultatindikatorar og statusbeskriving

Tabell 13.1 Mål- og indikatortabell for resultatområde 8 underområde Internasjonalt miljøvernsamarbeid

Nasjonale mål

Miljøvernforvaltninga sine arbeidsmål

Miljøvernforvaltninga sine resultatindikatorar

1. Samarbeidet i Norden, i Noreg sine nærområde og i den arktiske regionen skal medverke til å betre miljøsitua­sjonen og sikre natur- og kulturminneverdiane i desse områda og til å redusere og førebyggje grense­overskridande forureining som kan påverke miljø, helse og næringsverksemd i Noreg.

1.1. Medverke til oppfølging av strategien for berekraftig utvikling i Norden og handlings-programmet for det nordiske miljøsam-arbeidet 2005-2008.

Status for oppfølginga av mål­setjingane i handlingsplanen. Utarbeide indikatorsett ved­rørande strategien for berekraftig utvikling.

2. Noreg skal arbeide aktivt for at EU/EØS-regelverket har eit høgt vernenivå på miljøområdet og medverke til ei berekraftig utvikling.

2.1. Påverke utforminga av EU sin politikk basert på ein brei nasjonal prosess og sikre at relevante og akseptable EU-rettsakter blir gjennomførte ope og effektivt i det norske lovverket.

Få færrast mogleg rettsaktar på ESA si resultattavle.

2.2. Medverke til miljøsamarbeid med dei nye medlemslanda i EU i samband med dei nye EØS-finansieringsordningane.

Omfang av miljøprosjekt under ordningane.

3. Noreg skal arbeide for at ­rammevilkåra for handel innanfor WTO medverkar til ei berekraftig utvikling.

3.1. Arbeide for at miljøkonse­kvensar blir vurderte og miljø­omsyn integrerte i handels­forhandlingane og i handels­regelverka.

Status i norske posisjonar i forhandlingane.

Status i det internasjonale arbeidet med handel og miljø i WTO, OECD, UNEP og EFTA/EØS.

4. Globale og regionale sam­arbeidsorgan skal utviklast til effektive reiskap for berekraftig utvikling, for å oppnå globale og regionale miljømål og for effektiv oppfølging av interna­sjonale miljø-konvensjonar.

4.1. Arbeide for at OECD inte­grerer miljøomsyn i arbeidet sitt og utarbeider analysar og retningslinjer som kan fremje ei bere­kraftig utvikling.

Status for miljøkomiteen sitt arbeid når det gjeld miljøstrategien i OECD.

4.2. Utvikle vidare det regionale miljøsam-arbeidet i Europa innan UNECE med særlig vekt på opp­følging av EECCA-strategien (Eastern Europa, Caucasus and Central Asia).

Status i arbeidet med miljø­strategien for EECCA-landa.

4.3. Arbeide for at Kommisjonen for berekraftig utvikling (CSD) bidreg til oppfylling av målsetjingane frå Johannesburg-toppmøtet, med spesielt fokus på miljøaspekta i Kommisjonen sitt arbeidsprogram.

Tal vassressursplanar som er sette i gang/planlagt i 2005.

Status i arbeidet med gjennom­føringa av tusenårsmålene.

4.4. Fortsetje arbeidet med å ­styrkje UNEP politisk og finan­sielt gjennom oppgradering av UNEP til særorganisasjon på sikt.

Vedtak i UNEPs styremøte i 2005 om strategisk plan for kapasitetsbygging og teknologioverføring.

Få etablert ein styrkt vitskapskapasitet i UNEP og universelt medlemskap i UNEPs styre.

4.5. Arbeide for å integrere om­synet til klima, biodiversitet og miljøgifter i den ordinære ­verksemda i dei multilaterale ­organisasjonane.Vere pådrivar i organisasjonane for at dei utfører rutinevise miljøkonsekvens-vurderingar av sektorpolitikk, samt spesifikke program der miljø er hovudsatsing.
5. Miljøomsyn skal integrerast i norsk utviklingsarbeid. Miljøretta bistand og anna samarbeid med utviklingsland skal medverke til å styrkje miljøvernforvaltninga og betre miljøtilstanden i samarbeidslanda og til å førebyggje globale miljøproblem.5.1. Arbeide for å styrkje satsinga på miljø gjennom norsk utviklingssamarbeid.Vektlegging av miljø i norske ­samarbeidsland og i støtta til dei relevante multilaterale organisasjonane.
5.2. Arbeide for gjennomgåande integrering av miljø i norsk utviklingspolitikk og samarbeid.Gjennomføring av anbefalingar i Miljøverndepartementets studie om miljøintegrasjon.
5.3. Vidareutvikle miljøsam­arbeidet med Indonesia, Kina og Sør-Afrika.

Nytt miljøprogram for Sør-Afrika og sterkare fokusering på miljø i samarbeidet med Kina.

Statusbeskriving

Arbeidsmål 1.1. Medverke til oppfølging av strategien for berekraftig utvikling i Norden og handlingsprogrammet for det nordiske miljøsamarbeidet 2005-2008.

Oppfølginga av strategien for berekraftig utvikling i Norden skjer både nasjonalt i dei enkelte landa, og gjennom sektorsamarbeidet under nordisk Ministerråd. Ei evaluering av oppfølginga av miljøhandlingsprogrammet 2001-04 viser at måla og aktivitetane i svært stor grad er gjennomført. Bl.a. på bakgrunn av denne evalueringa er det i 2004 blitt utarbeidd eit nytt nordisk miljøhandlingsprogram for perioden 2005-2008.

Miljøsektoren sitt ansvar for å gjennomføre sin del av den nye nordiske berekraftstrategien for perioden 2005-2008 er lagt til grunn ved utarbeiding av Det nordiske miljøhandlingsprogram 2005-2008.

Arbeidsmål 2.1. Påverke utforminga av EU sin politikk basert på ein brei nasjonal prosess og sikre at relevante og akseptable EU-rettsakter blir gjennomførte ope og effektivt i det norske lovverket.

EØS-avtala blir stadig meir omfattande ettersom nye rettsakter kjem til i avtala. Den innverknad avtala har på norsk politikk aukar tilsvarande. Særleg innafor forureiningsområdet har departementet delteke aktivt i Kommisjonen sine arbeidsgrupper i medhald av EØS-avtala for å påverke nye rettsreglar som blir utarbeidde. Det er lagt til rette for ein brei nasjonal prosess, gjennom tidleg varsling av nytt regelverk og informasjon til allmenta på Internett. Arbeidet er nærare omtalt under dei enkelte resultatområda. Departementet har helde uformelle kontaktar med sentrale aktørar i EU-kommisjonen, Europaparlamentet og EU-medlemslanda omkring saker som er viktige for oss. Dette gjeld spesielt på klimaområdet og kjemikaliepolitikken. Departementet har òg delteke aktivt i arbeidet med å følgje opp Lisboa-strategien.

Utvidinga av EU og EØS-avtala gjer utfordringa med å få innverknad på regelverket stadig større.

Ei rekkje rettsakter på miljøområdet er innlemma i EØS-avtala i 2004. Det er, i denne sammenheng, lagt stor vekt på å sikre ei rask og effektiv gjennomføring i norsk lovverk av EU-rettsakter som blir sett på som relevante og akseptable.

Arbeidsmål 2.2. Medverke til miljøsamarbeid med dei nye medlemslanda i EU i samband med dei nye EØS-finansieringsordningane.

Miljø er eitt av satsingsområda i dei nye EØS-finansieringsordningane, som skal medverke til sosial og økonomisk utjamning i dei nye medlemslanda. Miljøverndepartementet har etablert uformell kontakt med miljøforvaltninga i mottakarlanda om miljøinnhaldet i avtalane.

Arbeidsmål 3.1. Arbeide for at miljøkonsekvensar blir vurderte og miljøomsyn integrerte i handelsforhandlingane og i handelsregelverka.

I forhandlingsrunden i Verdas Handelsorganisasjon (WTO) har miljø blitt eit eige forhandlingstema, under dette forholdet mellom WTO-regelverket og miljøvernavtalene, og det er eit omsyn som skal integrerast i alle forhandlingsområde. I 2004 har departementet arbeidd og delteke aktivt i forhandlingsgruppa for miljø, og i alliansebygging. Arbeidet i forhandlingsgruppa har vore prega av lita framdrift.

Under EFTA 3.landsavtalene er det sentralt å sikre at reglane ikkje avgrensar nasjonale miljøtiltak og verkemiddel. Departementet har delteke aktivt i dei nasjonale førebuingane.

Arbeidsmål 4.1. Arbeide for at OECD integrerer miljøomsyn i arbeidet sitt og utarbeider analysar og retningslinjer som kan fremje ei berekraftig utvikling.

OECD arbeider aktivt for å styrkje den tverrfaglege integreringa av miljøomsyn i den samla verksemda i organisasjonen. Berekraftig utvikling er nedfelt som ei sentral målsetjing for heile OECD-området.

OECD har vedteke ein miljøvernstrategi for dei neste 10 åra som gir målsetjingar for miljøpolitikken i OECD-landa og nasjonale tiltak for å nå desse. Dei fem overordna målsetjingane er: å halde oppe integriteten i økosystema (f.eks. i klimapolitikken), kople økonomisk vekst vekk frå forverring av miljøet, bruke indikatorar til å måle framsteg og betre grunnlaget for avgjerder, betra livskvalitet, og styrkt internasjonal miljøstyring og samarbeid. På miljøministermøtet våren 2004 var eit hovudtema oppfølginga av miljøstrategien frå 2001. Ein av konklusjonane frå møtet var at dei fleste landa ikkje er i rute når det gjeld målsetjinga om å kople økonomisk vekst vekk frå forverring av miljøet. OECD vart oppmoda om å rette fokus mot kostnadene ved ikkje å følgje opp målsetjingane i miljøstrategien.

Arbeidsmål 4.2. Utvikle vidare det regionale miljøsamarbeidet i Europa, innan UNECE med spesiell vekt på EECCA-strategien (Eastern Europe, Caucasus and Central Asia).

Ei langsiktig oppbygging av miljøvernforvaltninga i landa i Sentral-, Søraust og Aust-Europa er ei viktig oppgåve for å kunne oppnå miljøforbetringar. Samarbeidet mellom landa i Europa og Nord-Amerika om reformarbeid og miljø i dei austlege delane av kontinentet skjer innan ramma av «Miljø for Europa»-prosessen.

Ministerkonferansen i Kiev i mai 2003 gav «Miljø for Europa»-prosessen ei ny retning med ein miljøstrategi for dei 12 tidlegare sovjetrepublikkane (Russland, Kviterussland, Ukraina, Moldova, ­Georgia, Aserbajdsjan, Armenia, Turkmenistan, Tadsjikistan, Kasakhstan, Kirgisistan og Usbekistan). Miljøverndepartementet har i samarbeid med Utanriksdepartementet følgt opp arbeidet med miljøstrategien for EECCA-landa bl.a ved å støtte fleire vassprosjekt i regionen, særleg i Sentral-Asia. Det gjeld bland anna ein integrert vassressursplan i Kasakhstan og eit anlegg for drikkevatn i Tadsjikistan.

Arbeidsmål 4.3. Arbeide for at Kommisjonen for berekraftig utvikling (CSD) medverkar til oppfylling av målsetjingane frå Johannesburg-toppmøtet, med spesielt fokus på miljøaspekta i Kommisjonen sitt arbeidsprogram.

CSD er FN sitt overordna organ for berekraftig utvikling og har hovudansvaret for å overvake gjennomføringa av vedtaka frå toppmøtet i Johannesburg 2002. Gjennom det norske formannskapet for Kommisjonen (CSD-12) lyktes Noreg i å skape ein modell for det framtidige arbeidet i CSD. Særlig viktig var den brede deltakinga på politisk nivå og inkludering av det sivile samfunn. Oppfølginga av det norske formannskapet vil vere sentralt for Miljøverndepartementet i 2004/2005, bl.a. for å oppretthalde det politiske momentum frå CSD-12 og at CSD-13 gir konkrete resultat for vatn, sanitær og busetjing. I tillegg vil blant anna berekraftig produksjon og forbruk vere eit viktig temaområde for miljøforvaltninga.

Arbeidsmål 4.4. Fortsetje arbeidet for å styrkje UNEP politisk og finansielt gjennom oppgradering av UNEP til særorganisasjon på sikt.

FN sitt miljøvernprogram UNEP har sentrale funksjonar for overvaking og analyse og tek initiativ til forhandlingsprosessar om miljøvernavtaler. Det er i dag brei internasjonal semje om at UNEP må styrkjast. På sitt styremøte i februar 2003 vedtok UNEP at vitskapskapasiteten skal styrkjast, og understreket behovet for adekvat og stabil finansiering av UNEP. UNEP skal òg utarbeide ein strategisk plan for kapasitetsbygging og teknologioverføring. Noreg vil følgje dette arbeidet aktivt.

Departementet deltek i styringa av det globale miljøfondet (GEF), og har eit særskilt ansvar for å fremje effektivt samvirke mellom GEF og konvensjonane. I løpet av 2005 vil hovudtyngda av ei internasjonal evaluering av GEF sine resultat bli gjennomført.

Arbeidsmål 4.5. Arbeide for å integrere omsynet til klima, biodiversitet og miljøgifter i den ordinære verksemda til dei multilaterale organisasjonane.

Nytt arbeidsmål i 2005.

Arbeidsmål 5.1. Arbeide for å styrkje satsinga på miljø gjennom norsk utviklingssamarbeid.

Nytt arbeidsmål i 2005. Noreg har, gjennom Toppmøtet om berekraftig utvikling i Johannesburg (2002), og gjennom CSD-formannskapet engasjert seg sterkt som talsmann for dei fattige og for miljøet. Ein har òg medverka til å mobilisere det internasjonale samfunnet til innsats for å nå Tusenårsmåla og handlingsplanen frå Johannesburg.

Dette gir eit spesielt ansvar for å sikre oppfølging også i vårt eige utviklingssamarbeid.

Arbeidsmål 5.2. Arbeide for gjennomgåande integrering av miljø i norsk utviklingspolitikk og samarbeid.

Nytt arbeidsmål i 2005. Miljøverndepartementet har på oppdrag frå Norad utarbeidd ein studie med fokus på korleis miljøomsyn kan integrerast på ein betre måte i det bilaterale utviklingssamarbeidet. Studien tek for seg tre framtidige satsingar for norsk utviklingssamarbeid (næringsutvikling, landbruk og utdanning), og foreslår i tillegg eit meir heilskapleg system for miljøintegrasjon i utviklingsforvaltninga.

Arbeidsmål 5.3. Vidareutvikle miljøsamarbeidet mellom Indonesia, Kina og Sør-Afrika.

Den andre programperioden (2000-2004) i miljøvernsamarbeidet mellom Noreg og Sør-Afrika er avslutta og miljøprosjekta gjennomførte, i all hovudsak som planlagt. Regjeringa vil føre vidare miljøsatsinga som eit hovudområde i samarbeidet med Sør-Afrika. Strategiske konsultasjonar mellom dei to miljøverndepartementa har funnet stad og nytt program for perioden 2005-2010 er under utarbeiding.

I 2001 underteikna Indonesia og Noreg ei intensjonsavtale om å føre vidare miljøvernsamarbeidet i 2001-2004. Det vart gjennomført ein midtvegsgjennomgang av samarbeidet i 2004 som vil bli følgt opp.

Når det gjeld Kina og Noreg har det vore ein tett miljøpolitisk dialog mellom miljøvernstyresmaktene i dei to landa. Miljøsamarbeidet mellom Kina og Noreg omfattar aktivitetar innan institusjons- og kapasitetsbygging, kulturminnevern, miljøovervaking og luft- og vassforureining, og fleire av prosjekta er i avslutningsfasen. Regjeringa vil føre vidare miljøsatsinga som eit hovudområde i samarbeidet med Kina. I tråd med St.meld. nr. 35 (2003-2004) Felles kamp mot fattigdom. En helhetlig utviklingspolitikk vil Regjeringa konsentrere dette arbeidet om færre enkelttiltak.

Verkemiddel

Resultatområde 8 – underområda internasjonalt miljøvernsamarbeid, miljøvern i polarområda og radioaktiv forureining blir hovudsakleg finansiert over kap. 1400, 1410 og 1471.

For Noreg er det nordiske samarbeidet særleg viktig både på politisk nivå, embetsmanns- og ekspertplan for å få betre gjennomslag i miljøarbeidet i EU og anna internasjonalt miljøsamarbeid. På sentrale område som hav, vatn og kjemikaliar har Noreg gjennom det tette ekspertsamarbeidet i nordisk regi fått høve til å påverke det internasjonale regelverket i ei grad som ville vore vanskeleg for Noreg aleine.

EU/EØS-området er møte med EU-formannskap og med sentrale EU-land, Nordisk Ministerråd og nordiske «frukostmøte» i framkant av miljøvernministermøta i EU dei sentrale verkemidla på politisk plan.

Departementet ser det som viktig å helde uformelle kontaktar med sentrale aktørar i EU-kommisjonen, Europaparlamentet og EU-medlemslanda omkring saker som er viktige for oss. Viktige spørsmål som vil bli reiste overfor aktørar i EU vil være særleg knytt til klimapolitikken og kjemi­kalie­politikken. Sett i lys av Lisboa-strategien vil fremje av miljøteknologi stå sentralt.

Noreg deltek òg i EU-møte på departementsrådsnivå (EPRG) og i meir enn 50 ekspertgrupper på miljøområdet for å påverke utforming av EU si miljøpolitikk. På nasjonalt plan vil det bli helde informasjonsmøte med frivillige organisasjonar og partane i arbeidslivet, og relevante saker vil bli sende på høyring til aktuelle partar. Det blir arbeidd med å gjere tilgangen til informasjon endå betre for eksterne aktørar for å lette deltaking i dei førebuande EU/EØS-prosessane.

Noreg vil dei neste åra yte store ressursar til dei nye EØS-finansieringsordningane, som skal fremje økonomisk og sosial utvikling i det utvida EU. Tiltak som betrar miljøet blir eit prioritert område i ordninga, og Miljøverndepartementet samarbeider aktivt med Utanriksdepartementet om tilrettelegging av ordninga. Frå norsk side vert det arbeid for at ordninga fremjar miljøsamarbeidet mellom dei nye EU-medlemslanda og norske aktørar.

Noreg deltek i arbeidet innan OECD med berekraftig utvikling for å fremme oppfølging av miljøstrategien reflekterer resultata frå toppmøtet i Johannesburg. Det vidare arbeidet i OECD med fråkopling av miljøpåverknad frå økonomisk vekst er viktig i denne samanhengen.

Departementet vil delta aktivt i forhold til forhandlingsmøte i WTO, for å få til ei forhandlingsløysing som sikrar fleksibilitet for verkemiddelbruk i miljøvernpolitikken, og fortsett sidestilling mellom miljøvernavtalene og WTO-regelverket. Departementet deltek aktivt i arbeide med forhandlingane om EFTAs 3. landsavtaler for å sikre nasjonal verkemiddelbruk innan miljøpolitikken.

Regjeringa vil, gjennom styrande organ i Verdsbanken, UNESCO, UNDP, FAO, WHO og andre arbeide for ein styrkt miljøintegrasjon.

Regjeringa vil følgje opp arbeidet med ei FN-reform på miljøområdet. Ein vil særleg leggje vekt på å utvikle mekanismar som sikrar FN ei meir effektiv og heilskapleg tilnærming til miljøvern, bl.a. gjennom vidare å styrkje UNEP si rolle som sentral FN-autoritet innan miljøspørsmål.

Regjeringa vil fortsetje å arbeide for ein meir handlingsretta kommisjon der landa, internasjonale organisasjonar og det sivile samfunn samarbeider om oppfølging av berekraftig utvikling og FN sine tusenårsmål.

Det globale miljøfondet (GEF) finansierer dei globale miljøavtalene. GEF vart oppretta for å dekkje tilleggskostnadene ved tiltak som gir globale miljøfordelar innanfor områda vern av biologisk mangfald, klima, ozon, internasjonale vasspørsmål, miljøgifter, ørkenspreiing og avskoging. Ut frå departementet sitt hovudansvar for dei globale miljøkonvensjonane deltek vi her for å søkje å sikre best mogleg samverknad mellom konvensjonane og finansieringsmekanismen.

Miljøbistand er eit sentralt verkemiddel til å følgje opp tusenårsmåla og handlingsplanen frå Johannesburg, og til å støtte opp om utviklingslanda i å gjennomføre nasjonale og internasjonale miljøforpliktingar. Miljøverndepartementet medverkar på ulike måtar til å styrkje miljøsatsing og miljøintegrasjon i det norske utviklingssamarbeidet.

Miljøvernforvaltninga har stilt sin miljøkompetanse til rådigvelde for administrasjonen av utviklingssamarbeidet gjennom fagsenteravtaler (MD, RA, SFT, DN, Statens Kartverk), og det er overført ein stilling til SFT som i ein toårsperiode vil sikre betre samordning av fagsentra og gi arbeidet økt tyngde.

Gjennom dei bilaterale miljøavtalene mellom Noreg og respektive Kina, Sør-Afrika og Indonesia har styresmaktene ein open miljødialog både på politisk og embetsnivå som er av gjensidig interesse for begge partar. Samarbeidet omfattar prosjektsamarbeid innan tema som klima og energi, forureining, biologisk mangfald og kulturminne.

Departementet vil arbeide for å styrkje miljøinnsatsen i Noreg sine samarbeidsland og sikre at miljø blir integrert på ein tilfredsstillande måte i alt utviklingssamarbeidet.

Ei langsiktig oppbygging av miljøvernforvaltninga i landa på Balkan og dei såkalla EECCA-landa (Eastern Europa, Caucasus and Central Asia) er ei viktig oppgåve for å oppnå miljøforbetringar. Hausten 2004 skal miljøministrane frå EECCA-landa samt utvalde vestlege land, blant anna Noreg, møtast på ministermøtet «Kiev+1» i Georgia. Ministrane skal diskutere framdrifta i oppfølginga av ein miljøstrategi for EECCA-landa, og vurdere vidare tiltak for å følgje opp miljømåla frå toppmøtet i Johannesburg.

13.2 Miljøvern i nord og polarområda

Definisjon og avgrensing

Resultatområdet omfattar arbeidet med miljøutfordringane på Svalbard, Jan Mayen, i Barentshavet, i Arktis elles og Antarktis med biland, medrekna det bilaterale samarbeidet med Russland.

Strategiske mål

Noreg skal, gjennom internasjonalt arbeid, medverke til at miljøsituasjonen blir betra i Noreg sine nærområde i nord og i den arktiske regionen. Dei store, samanhengande villmarksområda på Svalbard og i Antarktis skal saman med kulturminna sikrast mot vesentlege inngrep og påverknader. Svalbard skal framstå som eitt av dei best forvalta villmarksområda i verda, og busetnadene skal drivast på ein miljøforsvarleg måte for å sikre miljø og trivsel. Noreg skal arbeide for at dei nære arktiske havområda våre blir tekne vare på som nokon av dei reinaste i verda, og at ressursutnyttinga går føre seg innanfor rammer som sikrar at det biologiske mangfaldet blir halde oppe på kort og lang sikt.

Nasjonale resultatmål, miljøvernforvaltninga sine arbeidsmål, resultatindikatorar og statusbeskriving

Tabell 13.2 Mål- og indikatortabell for resultatområde 8 underområde Miljøvern i nord og polarområda

Nasjonale mål

Miljøvernforvaltninga sine arbeidsmål

Miljøvernforvaltninga sine resultatindikatorar

6. Samarbeidet i Norden, i Noreg sine nærområde og i den arktiske regionen skal ­medverke til å betre miljøsitua­sjonen og sikre natur- og kulturminne-verdiane i desse områda, og til å redusere og førebyggje grenseoverskridande forureining som kan påverke miljø, helse og næringsverksemd i Noreg (same som nasjonalt mål 1 under dette resultatområdet).

6.1. Medverke til å betre miljø­situasjonen i Noreg sine nær­område i Barentsregionen og i den arktiske regionen.

Aktivitetar som er sette i gang i arbeidsgrupper og program under Arktisk Råd. Omfang av lokalt og regionale samarbeid.

Aktivitetar og prosjekt som er sette i gang under den norsk-­russiske miljøvern-kommisjonen.

7. Samarbeid skal medverke til å setje styresmakter og nærings- liv i Russland betre i stand til å få forsvarleg kontroll over eigne miljøproblem, og til å i ntegrere miljøvernforvaltninga i Russland i internasjonalt og regionalt samarbeid.

7.1. Fremje miljøinvesteringar i Nordvest-Russland gjennom bl.a. NEFCO og Den nordiske investeringsbank (NIB).

Framdrift i modernisering av ­nikkelverket i Petsjenga.

Talet på verna område som er viktige for biologisk mangfald og på restaurerte kulturminne.

Talet på prosjekt i Nordvest-­Russland med økonomisk støtte frå NEFCO og NIB og talet på ­prosjekt med norsk samarbeidspartnar.

7.2. Styrkje samarbeidet med ­russisk miljøvern-forvaltning.

Talet på kurs/ seminar om ­miljøforvaltning.

7.3. Styrkje miljøkompetansen i forvaltning og industri.

Økonomisk og miljømessig vinst i bedrifter som har gjennomført Program for Reinare Produksjon.

8. Utnytting av ressursane i våre nære arktiske havområde skal ikkje føre til at arter eller bestandar blir truga eller utrydda. Bestandar av arter som i dag er rekna som truga eller på annan måte er negativt påverka av arealbruk, hausting og/eller forureining skal bevarast og om mogleg byggjast opp att.

8.1. Styrkje samarbeidet om vern og forvaltning av Barentshavet.

Grad av felles problemforståing av miljøutfordringane i Barentshavet.

Russisk tilslutning til OSPAR-­standardar.

8.2. Avgrense den menneskelege påverknaden på bestands­utviklinga hos utvalde arter på Svalbard.

Bestandsstatus for utvalde arter.

Talet på arter som har endra ­status på raudlista for Svalbard og Jan Mayen.

9. Omfanget av samanhengande villmarksområde på Svalbard skal søkjast oppretthalde. Eit representativt utval av natur på Svalbard skal sikrast mot vesentlege inngrep og påverknad g­jennom særskilde vernevedtak. Viktige marine naturverdiar rundt Svalbard skal sikrast.

9.1. Styrkje områdevernet på ­Svalbard og bevare omfanget av villmarksprega naturområde utanfor verneområda.

Omfanget av urørt villmark på Svalbard.

Fråvær av gjennomgåande «linjeinngrep».

Områdevernet sin representativitet og vernestatus.

Talet på verneområde der vernevedtektene er oppgraderte.

Omfanget av område med vernestatus.

10. Eit representativt utval av ­kulturminne på Svalbard og Jan Mayen skal søkjast bevart som eit vitskapeleg kjeldemateriale og eit grunnlag for opplevingar for framtidige generasjonar. Tapet av kulturminne som følgje av menneskeleg verksemd skal i gjennomsnitt ikkje overstige 0,1 pst. årleg.

10.1. Avgrense menneskelege skadeverknader på og bevare kulturminne og kulturmiljøet.

Talet på og omfang av registrerte kulturminne og kulturmiljø.

Gjennomsnittleg årleg tap av kulturminne i pst.

Gjennomføring av tiltak i medhald av kulturminneplanen for Svalbard og miljøhandlings­planen for Jan Mayen innan 2005.

11. Transport og ferdsel på Svalbard skal ikkje medføre vesentlege eller varige skadar på vegetasjonen eller forstyrre dyrelivet. Høvet til å oppleve naturen uforstyrra av motorisert ferdsel skal sikrast òg i område som er lett tilgjengelege frå busetnadene.

11.1. Styre ferdsla på Svalbard.

Omfanget av motorisert ferdsel på Svalbard.

Geografisk utstrekning av snø­skuterfrie område.

Ferdselsslitasje i utvalde område.

Statusbeskriving

Arbeidsmål 6.1. Medverke til å betre miljøsituasjonen i Noreg sine nærområde i Barentsregionen og i den arktiske regionen.

Arbeidet med oppfølginga av den nordiske handlingsplanen for vern av natur- og kulturminne i Arktis (Grønland, Island og Svalbard) er vidareført. Eit pågåande prosjekt har som mål å vurdere kulturmiljø på Island, Grønland og Svalbard ut frå deira tilknyting til den felles nordiske historia i Arktis og foreslå tiltak for ei prioritering og berekraftig forvaltning av signifikante kulturmiljø i desse områda. Vidare er det starta eit prosjekt om integrering av miljøomsyn i forskingssektoren. Fleire prosjekt er blitt avslutta i 2004 og resultata er blitt gjort kjent gjennom rapportar og via Internett. To nye prosjekter ble starta i 2004. I alt er 10 prosjekter satt i gang og alle vil være avslutta i løpet av 2005.

AMAP. Noreg deltek aktivt i «Arctic Climate Impact Assessment – ACIA-prosjektet under Arktisk Råd. ACIA-rapporten vil bli lagt fram under ministermøtet i Island i november 2004. Noreg deltek i prosjektsamarbeidet under ACAP (Action Plan to Eliminate Pollution in the Arctic) som har som hovudmål å redusere faren for forureining av miljøgifter i Arktis. Noreg har òg vore ein viktig pådrivar og bidragsytar til eit større prosjekt i Russland under Arktisk råd sitt program for bevaring av arktisk flora og fauna (CAFF) knytt til økosystemtilnærming og bevaring av biologisk mangfald i det nordlige Russland (ECORA). Hovudfinansieringa kjem her frå den globale miljøfasiliteten (GEF), men det er òg store bidrag frå Noreg og nokre andre arktiske land.

Saman med lokalt og regionalt miljøvernsamarbeid i Barentsregionen utgjer arbeidet under den bilaterale miljøvernkommisjonen det viktigaste bidraget frå norsk side til Barentssamarbeidet på miljøområdet (jf. arbeidsmål 7). Arbeidet under kommisjonen er no strukturert i tre hovudområde for å få best mogleg effektivitet og samarbeid på tvers av fagdisiplinar. Hovudområda er det grensenære miljøsamarbeidet, natur- og kulturforvaltning i Kenozero nasjonalpark og vern av dei nordlege havområda. Programmet Reinare Produksjon og samarbeid på klima- og energiområdet er òg høgt prioritert. Det regionale miljøvernsamarbeidet mellom Finnmark fylke og Murmansk fylke rapporterer òg til miljøvernkommisjonen. Vidare er det eit nordisk samarbeid om prosjekt knytte til vern av område i Barentsregionen. Det blir lagt stor vekt på å stimulere og styrkje det regionale og lokale folk til folk-samarbeidet, under dette samarbeid mellom urfolk.

Når det gjeld det norsk-russiske samarbeidet om vern og bruk av naturressursar og biologisk mangfald er det eit koordinert samarbeid med Sverige og Finland om fleire prosjekt i Russland. Delar av dette går inn i arbeidet i Barentsrådet og Arktisk Råd. På kulturminneområdet står objekt på UNESCO-lista, vern og rehabilitering av kultur- og landskapsvernområde i Kenozero og samarbeid om kulturminne i grenseområda sentralt.

Arbeidsmål 7.1. Fremje miljøinvesteringar i Nordvest-Russland gjennom bl.a. NEFCO og Den nordiske investeringsbanken (NIB).

Moderniseringsprosjektet for nikkelverket kom i gang i 2002. Prosjektet har blitt seinka med om lag 2 år i forhold til tidlegare ferdigstilling som var planlagt innan utgangen av 2006. I følgje NIB vil ikkje dette påverke utsleppsreduksjonane. Når moderniseringa er fullført i 2008 vil utsleppa av SO2 og tungmetall til luft vere reduserte med minst 90 pst.

Nordic Environmental Finance Corporation (NEFCO) er ein sentral samarbeidspartnar når det gjeld miljøprosjekt i Norden sine nærområde, og har medverka til fleire miljøprosjekt i Russland og land rundt Austersjøen, bl.a. energiøkonomisering, overgang til bioenergi, innsamling og destruksjon av miljøgifta PCB, rehabilitering av vass- og avløpssystem og reduksjon av forureining frå landbruket. Norske konsulentar og bedrifter medverkar i fleire av desse prosjekta.

Arbeidsmål 7.2. Styrkje samarbeidet med russisk miljøvernforvaltning.

Saman med Olje- og energidepartementet er det arrangert eit forvaltningsseminar i Moskva om bruken av konsekvensvurderingar innanfor norsk og russisk petroleumsverksemd i Barentshavet. I perioden 2003-2004 vart kontakta styrkja på politisk nivå med Russland.

Arbeidsmål 7.3. Styrkje miljøkompetansen i forvaltning og industri.

Dei fleste store industrikombinata i Barentsregionen har delteke i program for Reinare Produksjon. Fleire investeringsprosjekt blir førte vidare under NEFCO-fondet for reinare produksjon. Sertifisering av ei mekanisk bedrift etter miljøsertifiseringssystemet ISO 14001 er ferdigstilt og opplæring med sikte på sertifisering går føre seg ved to nye bedrifter.

Arbeidsmål 8.1. Styrkje samarbeidet om vern og forvaltning av Barentshavet.

For Barentshavet vil framtidig utvikling når det gjeld utnytting av naturressursar i russisk farvatn og på russisk sokkel vere viktig. Transporten av oljeprodukt frå russisk side langs norskekysten har auka monaleg frå våren 2002 og har nå komme opp i ca. 25 transportar per månad. Denne transporten kjem frå produksjonen på land. Samtidig skjer det ein auke i olje- og gassleiting på russisk sokkel. Det norsk-russiske miljøvernsamarbeidet blir nytta som ein kanal til å skaffe og kvalitetssikre russiske data til bruk i arbeidet med den heilskaplege forvaltningsplanen for norsk del av Barentshavet, jf. verkemiddelomtalen under resultatområde 4. Arbeid med å utvikle og etablere eit system for miljøovervaking av radioaktivitet og andre miljøgifter i norsk del av dei nordlege havområda er i gang. Innanfor det bilaterale miljøvernsamarbeidet ser ein nærare på bruken av konsekvensvurderingar innanfor norsk og russisk petroleumsverksemd i Barentshavet. Det er gitt støtte til å utarbeide beredskapsplanar for russisk del av Barentshavet.

Arbeidsmål 8.2. Avgrense den menneskelege påverknaden på bestandsutviklinga hos utvalde arter på Svalbard.

Svalbardrein har spreidd seg til stadig nye område på øygruppa dei siste 10-20 åra. Svalbardbestanden er høgst sannsynleg større no enn den var for 10-20 år sidan.

Det er òg grunn til å tru at bestanden av polarrev på Svalbard er innanfor sikre biologiske grenser.

Det er ikkje påvist at den svært avgrensa haustinga av svalbardrein, polarrev og svalbardrype påverkar bestandane.

Bestandane av kvitkinngås, kortnebbgås og ringgås har auka i tal sidan 1980, men siste års teljingar kan tyde på at veksten har flata ut for kvitkinn- og kortnebbgås. Bestanden av ringgås er svært liten i forhold til det ein meiner den var for 50-100 år sidan, og det er usikkert om den er levedyktig.

Transporten av fleire forureiningsstoff gjennom luft til Svalbard synest å vere redusert dei seinare åra, og det er påvist nedgang i svoveldioksid- og sulfatkonsentrasjonane. Dette speglar godt reduksjonen i utslepp i Europa. Det er grunn til å tru at tolegrensa no blir overskriden på mindre enn 5 pst. av det isfrie landarealet på øygruppa.

Når det gjeld PCB, er den generelle tendensen at forureiningskomponentane som blir målte i luft i Ny-Ålesund er reduserte eller har vore konstante dei 5-10 siste åra. Tendensen samsvarer godt med det ein elles finn i Arktis. Undersøkingar viser likevel at PCB-nivået i arter som isbjørn, sel og polarmåse ved Svalbard framleis er blant dei høgaste i Arktis. Samtidig er det for første gongen målt miljøgifta deka-BDE i isbjørn og polarmåke i Arktis. Deka-BDE er ein av rundt 70 bromerte flammehemmarar. Funna er oppsiktsvekkande fordi ein ikkje har trudd at stoffet kunne langtransporterast.

Arbeidsmål 9.1. Styrkje områdevernet på Svalbard og bevare omfanget av villmarksprega naturområde utanfor verneområda.

I 2003 vart det vedteke fem nye verneområde på Svalbard. Dei nye verneområda omfattar til saman 4449 km2, eller 8 pst. av øygruppa sitt areal. Sjøområda ut til 12 nautiske mil inngår i verneområda. Til saman er ca. 65 pst. av landområda på Svalbard verna. Dei store verneområda på Svalbard har heilt sidan dei vart oppretta omfatta sjøområda ut til territorialgrensa. Frå 1. januar 2004 vart fleire av dei gamle verneområda utvida som ei naturleg følgd av at Noreg sitt sjøterritorium vart utvida frå 4 til 12 nautiske mil. Det ble i 2004 tatt initiativ til verning av områder på Jan Mayen og et nytt område på Svalbard.

Arbeidsmål 10.1. Avgrense menneskelege skadeverknader på og bevare kulturminne og kulturmiljøet.

Det er gjennomført tiltak for å bevare kulturminne som stod i fare for å bli øydelagde bl.a. på grunn av aukande ferdsel. Det er òg sett i verk utvida vern av enkelte kulturminne som er sterkt utsette for slitasje. I 2004 vart taubaneanlegget frå Advendtdalen til Skjæringa på Svalbard freda. I fredinga inngår ei rekkje tekniske installasjonar frå den tidlege industrihistoria på Svalbard, knytt til kolgruvedrifta. Det er blant anna den karakteristiske Taubanesentralen, som er eitt av Longyearbyens viktigaste landemerke.

Arbeidsmål 11.1. Styre ferdsla på Svalbard.

Styresmaktene vil følje nøye med når det gjeld turisttrafikken som sprer seg til stadig nye områder for å sikre at det ikkje medfører skade på naturen og kulturminna. Styresmaktene vil også følgje nøye med når det gjeld motorisert ferdsel slik at dette ikkje skadar naturen og øydelegg høvet for andre uforstyrra naturopplevingar.

Ferdsla blir regulert gjennom ei eiga forskrift slik at denne ikkje reduserer omfanget og kvaliteten på villmarksområda. Det er òg lagt vekt på å sikre at ferdsel i dei villmarksprega områda i dag ikkje øydelegg eller reduserer kulturminna på lengre sikt. Det er sett i gang overvaking av den motoriserte ferdsla.

Det ble i 2004 tatt initiativ til å utvikle verkemiddel for ein betre styring av ferdsla på Svalbard knytt til turismen og cruiseturismen spesielt.

Verkemiddel

Finansieringa av resultatområde 8, underområde miljøvern i nordområda, blir dekt over Norsk Polarinstitutt si budsjettramme, jf. kap. 1471 og kap. 1472, nytt kapittel oppretta i 2005 – Svalbard miljøvernfond. Kap. 1400 inneheld òg budsjettmidlar som skal medverke til finansieringa av dette resultatområdet i 2005, bland anna gis tilskot til sekretariatsutgifter til «Artic Monitoring and Assessment program» (AMAP). .

Prosjektsamarbeidet med Russland, støtte til NEFCO sitt miljøutviklingsfond, til prosjekter under Arktisk Råd og til NGO-samarbeidet med Russland blir finansiert over Utanriksdepartementet sitt budsjett. Årleg løyving til NEFCO sin grunnkapital er delt mellom Miljøverndepartementet og Utanriksdepartementet. Noreg stiller til rådvelde eit tilskot på inntil 270 mill. kr til moderniseringsprosjektet for nikkelverket i Petsjenga. ­Tilskotet blir administrert av Nordisk Investeringsbank, NIB. Norilsk Nikel låner tilsvarande beløp av NIB og medverkar med resterande 1/3 i eigenkapital. Sverige medverkar med 3 mill. USD i tilskot. Det er avtalt å samarbeide med miljøvernforvaltninga i Russland om overvaking av miljøverknadene av prosjektet.

Miljøvernavtalen og prosjektmidlane frå UD er viktige verkemiddel i miljøvernsamarbeidet med Russland. Arbeidet ledast av ein bilateral kommisjon på politisk nivå. Informasjonsformidling i og om nordområda er eit viktig verkemiddel der Svanhovd miljøsenter har ei sentral rolle.

Eit viktig verkemiddel for miljøvernforvaltninga på Svalbard er den nye miljøvernlova med tilhøyrande forskrifter som tok til å gjelde 1. juli 2002. Lova set klare rammer for all verksemd på øygruppa, og gir eit godt grunnlag for eit omfattande vern av natur og kulturminne på Svalbard, samstidig som det innanfor ramma av lova er gitt rom for miljøforsvarleg busetjing, forsking og næringsdrift.

Svalbardmiljølova forutset oppretting av Svalbard miljøvernfond som ein tek sikte på å etablere i 2005. Fondet skal medverke til å sikre at Svalbard sin særprega villmarksnatur blir verna som grunnlag for oppleving, kunnskap og verdiskaping. Fondet vil i utgangspunktet vere sett saman av midlar frå eit gebyr for tilreisande til Svalbard, av midlar innkravde gjennom eit gebyr for kort og felling i samband med hausting, flora og fauna som er handtert i strid med lova, eller verdien av dette, miljøerstatning fastsett av Sysselmannen og tvangsmulkt. Midlane skal brukast til tiltak som har til føremål å verne miljøet på Svalbard, bl.a. kartlegging, overvaking og gjenoppretting av miljøtilstanden, skjøtsel og informasjons- og opplæringstiltak.

Svalbardmiljølova har ein heimel til å gi forskrift om at den som besøker Svalbard skal betale eit gebyr der midlane skal gå inn i Svalbard miljøvernfond. Gebyret skal ikkje påleggjast fastbuande på Svalbard. Departementet gjer framlegg om eit gebyr på kr 150 per person per innreise som vil gi om lag 6 mill. kroner i inntekter til fondet årleg utan at administrasjonskostnader er trekte frå. Departementet tek sikte på at ei forskrift blir vedteken i løpet av 2005 slik at gebyrordninga kan ta til å gjelde frå same tidspunkt.

Svalbardmiljølova set krav om jakt- og fiskekort for å kunne hauste på Svalbard, og gir departementet heimel til i forskrift å fastsetje gebyr for jakt-, fangst- og fiskekort, for gebyr til felling av svalbardrein og gebyr for teoretisk eksamen i samband med jegerprøva. Krav om betaling av gebyr vart fastsett i forskrift om hausting på Svalbard 24. juni 2002 nr. 712. Gebyra vil gå inn i Svalbard miljøvernfond, og vil gi om lag kr 100 000 i inntekter til fondet årleg. Departementet tek sikte på å vedta ei forskrift som fastset satsane for gebyr slik at gebyrordningane kan ta til å gjelde i løpet av 2005.

Departementet vil oppnemne eit styre for fondet som fattar vedtak om tildeling av midlar innanfor ramma av svalbardmiljølova, vedtekter og retningslinjer for disponering av fondet sine midlar fastsett av departementet.

Andre verkemiddel som er tekne i bruk er velordna registrering og overvaking av sentrale miljøkomponentar og aktive vernetiltak gjennom bl.a. Miljøovervakingsprogrammet for Svalbard og Jan Mayen (MOSJ).

Eit godt kunnskapsgrunnlag basert på forsking er ein føresetnad for at Noreg skal kunne forvalte sine polare territorium på ein økologisk forsvarleg måte. Norsk polarforsking av høg internasjonal kvalitet er òg ein føresetnad for at Noreg skal kunne spele ei aktiv rolle i den vidare utviklinga av det internasjonale forskings- og miljøvernsamarbeidet i polarområda. Det blir henta inn viktig ny kunnskap gjennom forsking i regi av Norsk Polarinstitutt, andre forskingsmiljø og Noregs Forskingsråd.

Eit internasjonalt samarbeid for forvaltning av miljøet på Svalbard, knytt bl.a. til å verne trekkj­ande arter og hindre langtransportert forureining, er òg eit viktig verkemiddel.

Det blir kontinuerleg samla inn store mengder data om våre hav- og kystnære område i nord. Samtidig aukar behovet for miljøovervaking og kriseberedskap i samband med ulykker.

Informasjon er òg eit viktig verkemiddel for å spreie kunnskap om Regjeringa sin miljøpolitikk for Svalbard.

13.3 Radioaktiv forureining

Definisjon og avgrensing

Resultatområdet omfattar arbeidet med å førebyggje og redusere utslepp og risiko for framtidige ulykker som kan medføre radioaktiv forureining som kan påverke naturmiljøet. Internasjonalt går dette arbeidet føre seg m.a. i regi av Londonkonvensjonen og Oslo- og Paris-konvensjonane, og gjennom felles innsats for å løyse atomproblema i Nordvest-Russland. Strålevern og helseverknader av radioaktiv forureining ligg under Helsedepartementet sitt ansvarsområde.

Strategiske mål

Noreg skal medverke til å redusere utslepp og risiko for utslepp av radioaktive stoff som kan føre til forureining av norsk miljø.

Nasjonale resultatmål, miljøvernforvaltninga sine arbeidsmål, resultatindikatorar og statusbeskriving

Tabell 13.3 Mål- og indikatortabell for resultatområde 8 underområde Radioaktiv forureining

Nasjonale mål

Miljøvernforvaltninga sine arbeidsmål

Miljøvernforvaltninga sine resultatindikatorar

12. Samarbeidet med Russland skal medverke til å redusere ­risikoen for radioaktiv foru­reining av norske land- og sjø­område for å unngå moglege ­konsekvensar for helse, miljø og næringsverksemd.

12.1. Redusere faren for radioaktiv forureining av miljøet frå avfalls­lager, nukleære anlegg og transport av radioaktivt materiale i Noreg sine nærområde.

Gjennomførte felles norsk-russiske seminar/kurs om utgreiing av miljøkonsekvensar.

Gjennomførte tryggingstiltak.

Atomtryggleiks- og avfallssituasjonen i Nordvest-Russland.

Status og planar for transport av radioaktivt materiale langs norskekysten.

13. Noreg skal arbeide for at utsleppa av radioaktive stoff frå reprosesseringsanlegg i våre ­nærområde skal reduserast ­monaleg.

13.1. Arbeide for reduksjon og stans i utsleppa gjennom kontaktar med involverte land og samarbeid innanfor relevante internasjonale fora.

Resultat frå overvakings-programmet.

14. Utslepp av radioaktive stoff frå nasjonale kjelder skal avgrensast til nivå som ikkje påverkar naturmiljøet.

14.1. Kartleggje kjeldene og ­redusere utsleppa til nivå som ikkje påverkar naturmiljøet.

Samla utslepp av radioaktive stoff frå nasjonale kjelder.

Statusbeskriving

Arbeidsmål 12.1. Redusere faren for radioaktiv forureining av miljøet frå avfallslager, nukleære anlegg og transport av radioaktivt materiale i Noreg sine nærområde.

Arbeidet med annen fase av ei norsk-russisk konsekvensvurdering av moglege uhellsscenario ved lagring av atomavfall i Majak er avslutta. Konklusjonane viser at uhell ved anlegga vil føre til ein klar auke av radioaktiv forureining og betydelege konsekvensar i dei russiske nærområda. Forureininga i Karahavet vil òg auke noko og kan få uønskte økonomiske og sosiale konsekvensar, men forureininga vil fortsett liggje godt under internasjonale tiltaksnivå. Første fase i arbeidet med vurdering av radioaktiv forureining av elva Jenisej frå atomanlegget i Krasnojarsk og mogleg påverknad av dei nordlege havområda er avslutta. Det som gjenstår er noko modellering og konsekvensvurdering i forhold til moglege lekkasjar.

50 km frå norskegrensa ligg Andrejevabukta der det er lagra betydelege mengder militært radioaktivt avfall. Det skal utarbeidast ei overordna risikovurdering av anlegget med vekt på dei radioaktive kjeldene og trusselen dei representerer for helse, miljø og tryggleik. Denne vurderinga vil bli eit viktig grunnlag for utforminga på russisk side av ein heilskapleg plan for prioriteringar og vidare tiltak i området. Eit norsk forslag til overvakingsprogram for radioaktivitet i nordlege havområde er utarbeidd og godt motteke av russiske ekspertar. Det er danna ei arbeidsgruppe som skal sjå nærare på ei styrking av samarbeidet. Gjennom utveksling av måledata, samarbeid om analysar og kvalitetssikring og gjennomføring av felles feltarbeid på både norsk og russisk side, skal ein sikre seg betre informasjon om radioaktiv forureining i dei nordlege havområda. Samarbeidet skal òg medverke til auka kunnskap om tilstanden til dumpa eller sokne ubåtar og reaktorar med kjernebrensel i desse områda.

Initiativ om mogleg transport av kjernebrensel og radioaktivt avfall mellom europeiske reprosesseringsanlegg og kjernekraftverk i Japan via den nordlege sjøruta og norske farvatn blir følgde nøye. Noreg vil arbeide for at det internasjonale regelverket om transport av radioaktivt avfall blir styrkt.

Arbeidsmål 13.1. Arbeide for reduksjon og stans i utsleppa gjennom kontaktar med involverte land og samarbeid innanfor relevante internasjonale fora.

Dei totale utsleppa av radioaktive stoff til det marine miljøet i våre havområde er vesentleg reduserte i forhold til tidlegare. Frå det engelske reprosesseringsanlegget i Sellafield vart det på 90-talet sleppt ut store mengder av det radioaktive stoffet Technetium-99. Dette medverka til at det vart målt høge konsentrasjonar av dette stoffet i tang og hummar langs norskekysten. Samarbeidsregjeringa gav høg prioritet til å få redusert disse utsleppa, og i april 2004 vedtok britane å redusere sine technetium-99-utslepp frå Sellafield-anlegget med 90 pst., noko som er i tråd med krav frå både Noreg, dei andre nordiske landa og Irland. Regjeringa vil fortsette sitt aktive arbeid innanfor OSPAR med disse spørsmåla.

Arbeidsmål 14.1. Kartleggje kjeldene og redusere utsleppa til nivå som ikkje påverkar naturmiljøet.

Gjennom det nasjonale overvakingsprogrammet for radioaktiv forureining vil norske styresmakter halde seg løpande orienterte om den radioaktive forureininga av norske land- og sjøområde. I tillegg til forureining utanfrå, omfattar programmet samtidig utslepp av radioaktive stoff frå nasjonale kjelder. Dette arbeidet har så langt vore fokusert på utslepp frå dei nukleære anlegga i Halden og på Kjeller, og bruk av opne radioaktive kjelder ved sjukehus, oljeindustri og forskingsaktivitetar. Overvakingsprogrammet vil bli ført vidare i 2005. Det er òg sett i gang eit arbeid for å få betre oversikt over utslepp av naturleg radioaktive stoff frå oljeindustrien.

Verkemiddel

Finansieringa av resultatområde 8, underområde radioaktiv forureining, er i hovudsak dekt over kap. 1410, mens det på kap. 1400 òg er sett av midlar til dette underområdet. Finansieringa på kap. 1410 dekkjer bl.a. ei vidareføring av overvakingsprogrammet for radioaktivitet langs norskekysten og eit terrestrisk overvakingsprogram. Midlar til prosjektsamarbeidet med Russland kjem frå kap. 0197 post 70 – Tilskot til atomtryggleikstiltak og samarbeidsprogrammet med Sentral- og Aust-Europa over Utanriksdepartementet sitt budsjett.

Gjennom ei samarbeidsavtale mellom Miljøverndepartementet og Sosial- og helsedepartementet ved Statens strålevern, vart Strålevernet i 1999 formelt faginstans for Miljøverndepartementet på området radioaktiv forureining av miljøet. Dette gir tryggleik for at Miljøverndepartementet sine noverande og framtidige plikter på dette området vil bli ivaretekne på ein tilfredsstillande måte. Det behovet Miljøverndepartementet har for slik ekspertise vil truleg auke i åra framover bl.a. som følgje av auka fokus på utsleppa frå oljeindustrien og planar om transport av radioaktivt avfall i eller i nærleiken av norske farvatn. Det er òg generelt aukande internasjonalt fokus på vern av miljøet mot radioaktiv forureining. Det blir arbeidd aktivt med nye kriterium for utslepp og det er aukande satsing på forsking i moglege effektar på naturmiljøet som følgje av eksponering frå radioaktive stoff.

Informasjonsberedskap er svært viktig når det gjeld radioaktiv forureining. Statens strålevern har som faginstans på området hovudansvaret for informasjonsarbeidet.

14 Resultatområde 9: Regional planlegging

Definisjon og avgrensing

Programområdet omfattar planlegging og utgreiing etter føresegnene om planlegging og konsekvensutgreiing i plan- og bygningslova. Verksemda er kjenneteikna av at planlegginga skal vere eit sentralt verkemiddel for å fremje og sikre den utviklinga som kommunane og fylka ønskjer, både fysisk og økonomisk, sosialt og kulturelt. Samtidig skal planlegginga ivareta dei nasjonale og regionale interessene som bl.a. ligg i å sikre ei berekraftig arealforvaltning. Planlegginga må derfor vere sektorovergripande. Ansvaret for planlegginga ligg i hovudsak til kommunestyra og fylkestinga, men skal skje i nært samråd med statlege fagstyresmakter, organisasjonar, næringsliv og innbyggjarar. Miljøverndepartementet er statleg planstyresmakt etter lova og har som oppgåve, i samarbeid med andre departement, å utvikle og formidle nasjonale mål for planlegginga i fylke og kommunar, arbeide med lov og forskrifter, behandle enkeltsaker og sikre riktig bruk av lov og plansystem gjennom rettleiing og opplæring.

Strategiske mål

Den regionale planlegginga skal medverke til å utvikle eit samfunn som tek vare på viktige felles verdiar og grunnleggjande levevilkår for ulike grupper innanfor rammene av ei berekraftig utvikling. I planprosessane blir det lagt vekt på ei open haldning, innsyn og deltaking. Det er ei hovudutfordring framover å leggje til rette for at dei ulike sektorane tek plan- og bygningslova i aktiv bruk både på det kommunale og regionale nivået.

Nasjonale resultatmål, resultatindikatorar og statusbeskriving

Forvaltninga av plandelen i plan- og bygningslova er ei oppgåve som går på tvers av sektorar, og ansvaret for dette er lagt til Miljøverndepartementet. Det er derfor berre formulert nasjonale resultatmål på dette resultatområdet.

Tabell 14.1 Mål- og indikatortabell for resultatområde 9 Regional planlegging

Nasjonale resultatmål

Resultatindikatorar

1. Planlegginga i kommunane skal samordne den fysiske, økonomiske, sosiale, estetiske og ­kulturelle utviklinga innanfor kommunen sine område.

Talet på kommunar med kommuneplan/ kommunedelplan, inklusive tal år sidan vedtak

2. Kommunal arealplanlegging skal skje innanfor rammene av nasjonal politikk, slik den kjem til uttrykk bl.a. i St.meld. nr. 29 (1996-97) Regional planlegging og arealpolitikk, med særleg vekt på rikspolitiske retningslinjer.

Departementet si politikkformidling retta mot fylke/kommunar

Talet på og typar formelle motsegner fremja i planprosessane, fordelt på motsegnsorgan og grunngiving

Talet på motsegnssaker avgjort av departementet og endringar gjort av eigengodkjende planar

Talet på kommuneplanar som har innarbeidd universell utforming som prinsipp

3. Fylkesplanlegginga skal samordne staten, fylkeskommunane og hovudtrekka i kommunane si fysiske, økonomiske, sosiale og kulturelle verksemd retta inn mot regional utvikling.

Talet på godkjende planar

Talet på fylke der regionalt utviklingsprogram (RUP) er integrert i fylkesplanen sitt handlingsprogram

4. Den regionale planlegginga skal samordne og styre bruk og vern av areal- og naturressursar over kommunegrensene.

Talet på godkjende fylkesplanar, fylkesdelplanar og interkommunale planar med konkrete retningsliner for areal- og naturressursar

Talet på godkjende fylkesplanar, fylkesdelplanar og interkommunale planar med retningslinjer for senterstruktur og varehandel

5. Plan- og bygningslova skal vere eit effektivt verktøy for samordning mellom sektorar og forvaltningsnivå underlagt folkevalt styring.

Gjennomførte forenklingstiltak i plan- og bygningslova

Formidling og vegleiing til kommune- og fylkesnivået, avklaring av tolkingsspørsmål

6. Alle viktige vedtak skal byggje på kunnskap om konsekvensar for miljø og samfunn.

Kjennskap til nytt regelverk om konsekvens­utgreiingar hos relevante aktørar

Tidsbruk for KU-saker i forhold til dei rammer forskrifta set

Utarbeiding av KU i fylkes- og kommuneplanar

Statusbeskriving

Planlegginga etter plan- og bygningslova skal samordne den offentlege innsatsen mellom forvaltningsnivå, sektorar og næringar. Tilrettelegging for meir effektiv og brukarretta planlegging har vore eit sentralt mål i samarbeidsregjeringa sitt moderniseringsprogram. Utvikling av elektronisk saksbehandlingssystem basert på kart, areal- og miljødata, og forenkling av plan- og bygningslova har vore – og er – sentrale grep i denne samanhengen.

Resultatmål 1. Planlegginga i kommunane skal samordne den fysiske, økonomiske, sosiale, estetiske og kulturelle utviklinga innanfor kommunen sitt område.

Kravet om ei berekraftig utvikling og demokrati viser behovet for kommuneplanen som strategisk plan for utvikling av kommunen. Dei fleste departementa stiller krav til kommunane på sine område. Det er viktig at kommuneplanane kan fange opp dei relevante sentrale plankrava utan at det nødvendigvis må utarbeidast eigne kommunale planar for dei ulike sektoromsyna. Lokal Agenda 21 og prinsippa for universell utforming (jf. resultatmål 2) gir gode perspektiv og arbeidsformer som kan medverke til å styrkje og fornye interessa for kommunal planlegging og lokalt miljøvern, og betre tilhøva for ulike grupper. Mange kommunar driv eit aktivt utviklingsarbeid når det gjeld kommunal planlegging. Miljøverndepartementet samarbeider med fleire departement og Kommunanes Sentralforbund om å organisere læring frå utviklingsarbeida.

Dei fleste kommunane har vedteke eigen arealdel til kommuneplanen og reviderer denne med jamne mellomrom. Mange kommunar har òg utvikla ein aktiv bruk av kommunedelplanar for enkelte tema eller geografiske område i kommunen. Ved gjennomføring av større byggje- og anleggsarbeid, og ved nærare avklaring av arealbruken i område som er avsette til utbygging i følgje kommuneplanen, blir det utarbeidd reguleringsplanar. På dette området legg ein bl.a. vekt på å ta i bruk elektroniske verktøy, med sikte på ei meir effektiv plan- og byggjesaksbehandling. For nærare omtale sjå resultatmål 5.

Kommunane har rapportert inn 1920 vedtekne reguleringsplanar og 313 vedtekne bebyggelsesplanar til det statlege og kommunale rapporteringssystemet KOSTRA i 2003. Dei reelle tala er noko høgare, då ikkje alle kommunar rapporterer til KOSTRA. Det er i tillegg satt i gang arbeid med 200 – 300 kommuneplanar og kommunedelplanar.

Resultatmål 2. Kommunal areal­planlegging skal skje innanfor rammene for nasjonal politikk.

Integrering av berekraftperspektivet i kommunal planlegging krev samarbeid på tvers av sektorane og formidling av nasjonale og regionale mål tidleg i planprosessane. Fylkeskommunen har vegleiingsplikt. Fylkesmannen og Miljøverndepartementet har tilsynsmynde.

I det store fleirtalet av plansaker blir det oppnådd semje lokalt og planane blir eigengodkjende av kommunestyret, noko som viser at plansystemet fungerer som føresett. Miljøverndepartementet behandlar berre dei planane der det er konflikt mellom kommunen og fylkeskommunen eller statlege fagstyresmakter (motsegnsaker). Talet på saker som departementet behandlar er nokså stabilt frå år til år. I 2003 fatta departementet vedtak i 36 slike saker. I 46 pst. av sakene vart motsegnene tekne heilt eller delvis til følgje, mens kommunane fekk medhald i 54 pst. av sakene. I saker der kommunale vedtak blir overprøvde er det viktig å understreke den klare føresetnaden at fylkeskommunen eller staten sitt standpunkt skal ha forankring i viktige regionale eller nasjonale interesser. Gjennom departementet sine avgjerder i desse sakene blir gjeldande arealpolitikk konkretisert og formidla når det gjeld viktige nasjonale spørsmål. Departementet vil ta i bruk KOSTRA for å få betre kunnskap om planaktiviteten i landet, ved at alle formelle motsegner som er reist i kommunale planprosessar skal rapporterast til KOSTRA. Dette vil gi betre kunnskap om korleis sektorstyresmaktene følgjer opp nasjonale og viktige regionale mål og interesser.

Utviklinga av byggjeverksemda i 100-metersbeltet langs sjøen er av nasjonal interesse. Dette er behandla av Stortinget våren 2002 i samband med St.meld. nr. 39 (2001-2002) og Riksrevisjonens Dok. nr. 3:7 (2001-2002). Sidan 2000 har Miljøverndepartementet, frå kommunane via fylkesmennene, innhenta tal for dispensasjonar frå byggjeforbodet i 100-metersbeltet langs sjøen. Rapporteringa gjeld i område som ikkje er avsette til bygging i godkjent plan. Rapporteringa viser at kommunane årleg får 1800-1900 søknader om dispensasjon. Om lag 75 pst. av søknadene blir godkjende, og talet på dispensasjonar for alle typar tiltak ligg på rundt 1400 pr. år. Frå 2002 vart nye bygg skilt særskilt ut i departementet si rapportering. Tala for 2002 er dei siste tala vi har i denne rapporteringa. For å gi kommunane og fylkesmannen nok tid til å hente inn informasjonen, er fristen for å sende inn tala for 2003 til departementet sett til 1. desember 2004.

Tal for utviklinga i strandsona blir òg registrerte gjennom KOSTRA. Tala for 2003 viser her at det vart søkt om 1 175 nye bygg, og at 74 pst. av søknadene vart godkjende. Det betyr at det vart oppført 870 nye bygg i 2003. Desse tala omfattar også dispensasjonar i byggjeområde.

Utviklinga i strandsona må følgjast nøyeframover, særleg når det gjeld oppføring av nye bygg der nye område blir tekne i bruk. Når nye tal for 2003 kjem inn gjennom Miljøverndepartementet si rapportering, kan tala samanliknast direkte med tala i KOSTRA-rapporteringa. Det vil bli vurdert om departementet si rapportering då kan inkorporerast i KOSTRA. Tiltak for ein offensiv strandsonepolitikk er òg omtala under resultatområde 2 – friluftsliv.

I St.prp. nr. 65 (2002-2003) Revidert nasjonalbudsjett har Miljøverndepartementet gjort greie for mål og utfordringar knytte til bruk, vern og verdiskaping i fjellområda, med særleg vekt på reiseliv. Regjeringa meiner at nasjonalparkar og andre verneområde har eit stort potensial for turistutvikling, samtidig som natur- og kulturverdiane blir bevarte. Det skal utarbeidast forvaltningsplanar for nasjonalparkane der dette blir eit viktig tema. Forbodet mot kommersiell aktivitet i parkane skal opphevast. Dette gir nye høve til lokal verdiskaping. Natur- og kulturopplevingar er hovudgrunnlaget for turismen i Noreg, og auka fritid gir meir bruk av fjellet til friluftsliv og fritidsbustader. Samtidig gir hyttebygging og turisme viktige inntekter for mange kommunar.

Fjellområda strekker seg ofte over fleire kommunar og fylke, og krev interkommunalt og regionalt samarbeid. Miljøverndepartementet vil fokusere på dei langsiktige utfordringane som er knytte til berekraftig bruk og utnytting av fjellområde, og på den naudsynte samordninga mellom verneplanar og planlegging etter plan- og bygningslova.

St.meld. nr. 23 (2001-2002) Bedre miljø i byer og tettsteder legg bl.a. vekt på å gjennomføre pilotprosjekt på utvalde område i samarbeid med byane, næringslivet og frivillige organisasjonar. Føremålet er å utvikle nye og gode løysingar på miljøproblem og utviklingsoppgåver som kan vere gode døme for andre. Det er i gang pilotprosjekt i 12 byar på dei fire tema miljøsoner, sentrumsutvikling, byomforming og miljøvennleg transport i næringslivet. Miljøverndepartementet har etablert ein eigen bymiljøpris som går til byar og tettstader som har gjort ein særskilt innsats for å betre bymiljøet. Kristiansand fekk prisen i 2002, Drammen i 2003 og Årdal i 2004. Eit program for å utvikle attraktive og miljøvennlege tettstader i distrikta vil bli avslutta i 2005. I programmet blir offentlege verkemiddel samkøyrde med private ressursar for å få størst mogleg effekt og skape gode nettverk.

Som ledd i oppfølginga av St.meld. nr. 40 (2002-2003) Nedbygging av funksjonshemmende barrierer, har Miljøverndepartementet koordinert Handlingsprogram for universell utforming. Programmet hadde som viktige mål at dei fysiske omgivnadene i samfunnet skal planleggjast og utformast slik at dei fungerer best mogleg for den enkelte og for samfunnet som heilskap. Dette vil bli ført vidare i ein handlingsplan for universell utforming, som i tillegg omhandlar auka tilgjenge for funksjonshemma til byggverk, transport, informasjon og andre viktige samfunnsområde. Miljøverndepartementet vil ha den sentrale rolla i koordineringa av handlingsplanen i samvirke med dei andre departementa.

Den europeiske landskapskonvensjonen trådde i kraft 1. mars 2004. Konvensjonen legg særleg vekt på kvardagslandskapet, det landskapet der folk bur og arbeider. Miljøverndepartementet har ansvaret for å koordinere iverksetjinga, og har etablert samarbeid med ei rekkje departement om dette. Det er òg oppretta eit felles nordisk samarbeid om oppfølging av landskapskonvensjonen.

Erfaringar viser at over 60 pst. av kommunane ikkje har lagt systematisk til rette for medverknad frå barn og unge. Det blir vurdert å setje i gang ei evaluering med sikte på ein eventuell revisjon for å bli meir forpliktande m.o.t. dei behov barn og unge har for bl.a. natur- og skuleareal.

Resultatmål 3. Fylkesplanlegginga skal samordne staten, fylkeskommunane og hovudtrekka i kommunane si fysiske, økonomiske, sosiale og kulturelle verksemd retta inn mot regional utvikling.

Hovudansvaret for fylkesplanlegginga ligg hos fylkeskommunane. Fylkesplanen skal vere eit felles regionalt plandokument og planprosessane må bere preg av partnarskap, slik at kommunar og stat får eigarskap til planen. I 2003 vart det godkjent 2 fylkesplanar og 11 fylkesdelplanar.

Regjeringa går inn for å avvikle den sentrale godkjenninga av fylkesplanane. Dette er blant anna grunngitt med at resultatet av godkjenninga ikkje står i forhold til innsatsen med sjølve godkjenningsprosessen. Ein tek sikte på å fremje ein Ot.prp. med dei naudsynte endringane i plan- og bygningslova våren 2005.

Resultatmål 4. Den regionale planlegginga skal samordne og styre bruk og vern av areal- og naturressursar over kommunegrensene.

Dei 11 fylkesdelplanane som vart godkjende i 2003 omhandlar spørsmål knytte til store samanhengande naturområde, store infrastrukturtiltak og hovudtrekka i utbyggingsmønsteret. Dei handlar om tema som samferdsel, arealbruk og utbygging, vindkraft, kystsone og naturvern. Fylka har utarbeidd retningslinjer for lokalisering og senterstruktur som oppfølging av den mellombelse kjøpesenterstoppen. Kjøpesenterstoppen opphøyrde 1. februar 2004.

Det er fleire døme på at kommunane i samarbeid utarbeider planar for bruk og vern av areal- og naturressursar. Miljøverndepartementet ser at ei rekkje verne- og utviklingstema med fordel kan løysast i samarbeid mellom kommunane, og ønskjer å stimulera til slikt interkommunalt samarbeid. Slike planar kan bl.a. vere aktuelle i randsonene til større verneområde etter naturvernlova.

Resultatmål 5. Plan- og bygningslova skal vere eit effektivt verktøy for samordning mellom sektorar og forvaltnings­nivå underlagt folkevalt styring.

Miljøverndepartementet legg vekt på ein aktiv dialog med fylkesnivået. Gjennom årlege tildelingsbrev til fylkesmennene blir det bl.a. teke standpunkt til kva prioriteringar som skal leggjast til grunn for verksemda i fylket. Det er særskilt viktig at fylkesnivået gir naudsynt bistand til kommunane, slik at ein i samarbeid kan oppnå effektive og målretta løysingar på aktuelle arealspørsmål og miljøutfordringar.

Som ledd i arbeidet med å effektivisere plan- og byggjesaksbehandlinga vedtok Stortinget i vårsesjonen 2003 endringar i føresegnene, slik at ein berre kan fremje motsegn eller klage på same forholdet ein gong. Endringane har verknad frå 1. juli 2004. Det er òg vedteke endringar i føresegnene om konsekvensutgreiingar som følgje av EU-direktiv på området. Ei forskrift om redusert gebyr dersom kommunane ikkje held fristen for behandling av private planforslag er fastsett med verknad frå 1. juli 2004.

Det har vore ei brei høyring av Planlovutvalet sitt forslag. Departementet vil avvente Bygningslovutvalet sitt arbeid for vidare oppfølging, slik at det kan utførast ein gjennomgripande revisjon av heile plan- og bygningslova. Kystsona vil bli prioritert i oppfølginga av Planlovutvalet sitt forslag.

Ein føresetnad for å lage gode planar er tilgang på relevant og oppdatert informasjon. Gjennom Byggsøk-prosjektet samarbeider Miljøverndepartementet med Kommunal- og regionaldepartementet om å etablere rutinar for effektiv plan- og byggjesakshandling. Statens bygningstekniske etat har prosjektleiinga. Miljøverndepartementet har prioritert å leggje vekt på å finne løysingar der plansaksbehandlinga kan skje elektronisk. Det vil bli lagt til rette for eit system der den enkelte planleggjar kan levere forslag til reguleringsplanar, basert på informasjon om planar og annan temainformasjon som blir gjort tilgjengeleg over nettet.

Gjennom samarbeidet Noreg digitalt vil offentleg forvaltning samle inn planrelevant informasjon. Miljøverndepartementet har sett i gang eit arbeid med å vurdere framtidig driftsløysing.

Resultatmål 6. Alle viktige vedtak etter plan- og bygningslova skal baserast på kunnskap om konsekvensar for miljø og samfunn.

Reglane om konsekvensutgreiingar i plan- og bygningslova omfattar større utbyggingsprosjekt og stiller krav til vurdering av verknadene for miljø, naturressursar og samfunn før det blir fatta vedtak om gjennomføring. Kvart år blir om lag 50-60 utbyggingsprosjekt behandla etter reglane.

Innføringa av EU-direktivet om miljøverknader av visse planar og program har ført til at plan- og bygningslova vart endra våren 2004, jf. Ot. prp. nr. 47 (2003-2004). Endringane inneber at fylkesplanar og kommuneplanar som fastset retningslinjer eller rammer for framtidig utbygging, og reguleringsplanar som kan ha vesentlege verknader for miljø, naturressursar eller samfunn, også skal omfattast av kapitlet om konsekvensutgreiingar i plan- og bygningslova. Også visse sektorplanar er omfatta av føresegnene. Med dette får konsekvensutgreiingane ei sterkare integrering i planprosessane, slik at ein unngår tospora prosessar for tiltak som blir avgjorde gjennom planar etter plan- og bygningslova. Viktige miljøvurderingar, bl.a. knytte til alternativ lokalisering av verksemder, vil måtte takast omsyn til på eit tidlegare stadium i planprosessen enn i dag. Kommunane vil som følgje av endringane få større mynde i forhold til eksisterande regelverk om konsekvensutgreiingar.

Departementet arbeider no med føresegner til reglane om konsekvensutgreiingar, slik at alle delar av ovanfor nemnde EU-direktiv kan bli sette i verk fullt ut. Endringsforslaget vil òg ta omsyn til krava i FN/ECE-protokollen om strategiske miljøkonsekvensutgreiingar, som vart underteikna i Kiev i mai 2003, og seinare endringar i Espoo-konvensjonen frå juni 2004. Resultata av eit utgreiingsprosjekt hausten 2004 som undersøkjer nærare kostnadene og nytten av konsekvensutgreiingar vil òg bli tekne omsyn til i den nye føresegna.

Departementet vil leggje fram forslag til ny føresegn om konsekvensutgreiingar hausten 2004 med sikte på at lovendringane og ny føresegn kan tre i kraft frå 1. januar 2005.

Verkemiddel

Resultatområdet er planlagt finansiert med 57,9 mill. kroner i 2005. Finansieringa a resultatområdet er i hovudsak dekt over kapitla 1400, 1410, 1427 og 1429. Fylkesmannen har òg ansvar for oppgåver under resultatområde 9. Ein viser til nærare omtale av desse under resultatområde 11. Midlar til lønn og drift for desse oppgåvene er budsjetterte på kap. 1510 Fylkesmannsembeta, under Arbeids- og administrasjonsdepartementet sitt budsjett.

Føresegnene i plan- og bygningslova om planlegging og konsekvensutgreiing er det viktigaste verkemidlet på resultatområdet.

For å medverke til avgjerder som fungerer godt for samfunnet, må det utviklast eit godt plansamarbeid mellom kommunar, fylke og statlege etatar. Hovudansvaret for bruk av plan- og bygningslova er lagt til kommunane, som normalt fattar endeleg vedtak om arealbruken. Etatane på regionalt nivå må i ein tidleg fase av planarbeidet gjere kommunen kjent med nasjonale og viktige regionale interesser.

I samarbeid med Kommunal- og regionaldepartementet blir det arbeidd med å leggje til rette for elektronisk saksbehandling i plan- og byggjesaker. Departementet gir ut vegleiing og rundskriv knytte til regelverket og vil halde god kontakt med instansar som har viktige oppgåver i forminga av dei fysiske omgivnadane (t.d. Husbanken og bygningsteknisk etat). Avgjerder og lovfortolkingar blir publiserte i rettskjelderegisteret Easy-find. Publikasjonane PlanNytt og PlanJuss blir utgitt jamleg med oppdatert informasjon. Det er vidare lagt stor vekt på å formidle løpande informasjon over departementet sine internettsider www.planlegging.no. Tiltak som aukar kompetansen innan planbistand internasjonalt er òg ein del av departementet sin innsats. Samarbeidsforum for storbyutvikling, der seks byar og ni departement deltek, er ein viktig arena for politikkformidling og utveksling av erfaringar med planlegging i byområde. Oppfølginga av Handlingsplan for universell utforming vil medføre særskilt samarbeid med dei departementa som har oppgåver knytte til feltet.

Regjeringa vil gjennom Handlingsplanen for universell utforming auke innsatsen for å betre tilgangen for personar med nedsett funksjonsevne til viktige samfunnsområde i 2005. Miljøverndepartementet har koordineringsansvaret for oppfølginga av planen, jf. kap. 1400 post 80.

15 Resultatområde 10: Kart og geodata

Definisjon og avgrensing

Resultatområdet omfattar etablering og drift av geografisk basisinformasjon. Resultatområdet dekkjer òg oppfølging og utvikling av standardar og regelverk og fagleg samarbeid med andre land på området, stimulering av norsk næringsutvikling innanfor geografisk informasjonsteknologi (GIT), forsking og utvikling, og sikring av historisk geografisk informasjon. Kartlegging av polare landområde høyrer til resultatområde 8. Resultatområdet inkluderer òg eit forvaltningsansvar for å skaffe fram arealdata for planleggingsformål. I 2004 starta arbeidet med å overføre tinglysinga frå domstolane til Statens kartverk som eit sentralt register.

Strategisk mål

Landet skal ha ein tenleg infrastruktur for lett tilgjengeleg geografisk informasjon, dvs. kart og elektronisk baserte tenester som tilfredsstiller det felles behovet ulike brukargrupper har for geografisk informasjon og fastlegging av posisjonar, under dette eit tilfredsstillande geodetisk grunnlag (grunnlag av målepunkt) for kartlegging, oppmåling og satellittbasert stadfesting (koordinatbestemming). Det er viktig å utvikle gode standardar for geodata, som er tilpassa internasjonale forhold.

Innanfor arealpolitikken er det eit mål å skaffe fram god informasjon om areala sin tilstand, før framtidig bruk blir planlagt. Staten og kommunane må i fellesskap etablere dette datagrunnlaget. St.meld. nr. 30 (2002-2003) Norge digitalt – et felles fundament for verdiskaping, som Stortinget behandla i juni 2003, gir føringar for ei framtidig utvikling både for Statens kartverk som nasjonalt fagorgan og for kva slag løysingar som skal etablerast for å få på plass ein nasjonal infrastruktur av geodata. Både digitale grunnkartdata og temadata inngår i Noreg digitalt. Deltakarane i infrastrukturen vil yte eit økonomisk bidrag til etablering av grunnkartdata. I tillegg vil temadata deira fritt bli stilte til rådvelde innanfor samarbeidet.

Nasjonale resultatmål, resultatindikatorar og statusbeskriving

Forvaltninga av den nasjonale kart- og geodatapolitikken er ei oppgåve som går på tvers av sektorar, og ansvaret for dette er lagt til Miljøverndepartementet. Det er derfor berre formulert nasjonale resultatmål på dette resultatområdet.

Tabell 15.1 Mål- og indikatortabell for resultatområde 10 Kart og geodata

Nasjonale resultatmål

Resultatindikatorar

1. Landet skal ha eit einsarta geodetisk grunnlag (grunnlag av målepunkt) tilpassa satellittbasert stadfesting (koordinatbestemming).

Tal på kommunar med ferdig målt landsnett

Gjenståande km høgdegrunnlag

2. Landet skal ha ein tenleg infrastruktur av nasjonale geografiske databasar.

Prosentvis del av felles geodata som står att å etablere for landområda

Digitalt eigedomskartverk i prosent av totalt tal eigedommar

Framdrift i etablering av nasjonalt register for luftfartshinder

3. Landet skal vere dekt av tenlege trykte og digitale kartseriar.

Ajourhaldsfrekvens for trykt hovudkartserie Noreg 1:50 000

Del trykte sjøkart i moderne kvalitet

Del autoriserte elektroniske sjøkart for norske­kysten etter internasjonal standard i prosent av total

4. Geografiske data skal vere lett tilgjengelege og kunne nyttast effektivt på tvers av sektorar og forvaltningsnivå.

Utvikling og bruk av nasjonale og internasjonale standardar

Tal på kommunar og andre som har teikna avtale om Noreg digitalt, og uttaket deira av data innanfor samarbeidet

Oppgåve over monopolinformasjon tilhøyrande Statens kartverk som er tilrettelagt gjennom Norsk Eigedomsinformasjon AS

5. Arealplanlegginga skal få eit best mogleg informasjonsgrunnlag om verdien og bruken av areala.

Tal på kommunar som har teke tematiske arealdata i bruk

Statusbeskriving

Resultatmål 1. Landet skal ha eit einsarta geodetisk grunnlag tilpassa satellitt­basert stadfesting (koordinatbestemming).

All privat og offentleg oppmåling, kartlegging og navigasjon føreset eit korrekt geodetisk grunnlag (kartreferanse). Grunnlaget er bygd opp over ei rekkje år, men er mange stader ikkje så nøyaktig og påliteleg som overgangen til satellittbaserte løysingar krev. Nytt landsomfattande overordna grunnlag, basert på internasjonal standard (EUREF89), kom på plass i 1997. Arbeidet med eit meir detaljert landsnett skjer i samarbeid med kommunar og andre brukarar som samfinansierte prosjekt. Så langt er 81pst. av kommunane målte ferdig, noko som er godt føre planen. Det står i tillegg att arbeid for mange kommunar før dei kan ta grunnlaget i bruk i det daglege arbeidet. Det nasjonale høgdegrunnlaget frå 50-talet blir no oppdatert med nye målingar, tilpassa bruk av satellitteknologi. Kartverket vil framleis ta ansvar for å utarbeide tenester som kan ta i bruk satellittinformasjon til posisjonering. Det blir i samarbeid med kommunar og privat sektor bygd ut nettverk som gir stadig større grannsemd ved bruk av satellittdata.

Verksemda ved Kartverket sin målestasjon i Ny-Ålesund vil vere redusert i 2005. Dette er gjort for å gi rom for satsing på andre tiltak i Statens kartverk som er gitt høgare prioritet.

Resultatmål 2. Landet skal ha ein tenleg infra­struktur av nasjonale geo­grafiske databasar.

Noreg digitalt fører vidare samarbeidet om geografiske data som tidlegare har vore organisert innan konseptet Geovekst. Tidlegare vart det produsert geodata for ein verdi av 75 mill. kroner årleg. Innanfor Noreg digitalt er det eit mål å auke produksjonen. For å få det til må Regjeringa sitt hovudgrep frå St.meld. nr. 30 (2002-2003) Norge digitalt – et felles fundament for verdiskaping, følgjast opp. Her går Regjeringa inn for at alle offentlege verksemder som har eit ansvar for geodata eller er store brukarar, skal medverke til etablering, drift og vedlikehald av Noreg digitalt. Det vil bli inngått avtale med ei rekkje av desse verksemdene i 2004. Tingingar blir førte med dei resterande i 2005. Det er òg eit mål at alle kommunane tek del i Noreg digitalt.

Etablering av Noreg digitalt med landsdekkjande grunnkartdata og temadata etter felles standard er eit omfattande arbeid. Produksjon og tilrettelegging av temadata har verksemdene sjølve ansvar for. Progresjonen i etablering av dei enkelte temadata vil avhenge av kapasiteten i desse verksemdene. Produksjon av grunnkartdata vil bli koordinert av Statens kartverk, med økonomisk bidrag frå samarbeidspartane i Noreg digitalt. Sjølv om alle sluttar opp om samarbeidet, er det ikkje venta at arbeidet kan bli fullført før tidlegast i 2015. I 2004 er noko over 50 pst. av denne dataetableringa fullført.

Det nasjonale eigedomsregisteret består av tre element; Grunneigedoms-, adresse- og bygningsregisteret (GAB), Elektronisk grunnbok og digitalt eigedomskartverk (DEK). Arbeidet med etablering av digitalt eigedomskartverk er eit samarbeid mellom Statens kartverk og den enkelte kommune. Visjonen er eit landsdekkjande, truverdig eigedomsregister med data og kart over alle eigedommar i Noreg. Registeret skal spele saman med andre register i eit nasjonalt eigedomsinformasjonssystem. Eit nytt datasystem for eigedomsregisteret (matrikkelen) er under utvikling. Målet er operativ drift av systemet innan utgangen av 2005.

Statens kartverk skal vere registerførar for luftfartshinder, jf. forskrift av 14. april 2003, heimla i luftfartslova. Statens kartverk må arbeide for å få med flest mogleg data frå eigarane av slike hinder.

Resultatmål 3. Landet skal vere dekt av tenlege trykte og digitale kart­seriar.

Første gongs produksjon av økonomisk kartverk vart fullført i 2002, og omfattar vel 180 000 km2, dvs. alt vesentleg produktivt areal, til saman over 32 000 kartblad. Frekvensen på ajourhaldet av denne typen kart er i dag 18 år. «N50», den digitale førsteutgåva av hovudkartserien for Noreg 1:50 000 vart lansert i 2001.

Bruk av pålitelege elektroniske sjøkart i kombinasjon med moderne navigasjonssystem vil betre tryggleiken til sjøs. Bruk av slike system vil kunne redusere faren for skadar på personar og miljø, redusere materielle kostnader, auke regulariteten, korte ned seglingsruter og styrkje næringsgrunnlaget langs kysten. Så langt har Kartverket gitt ut 61 av 141 papirkart i moderne kvalitet. Meir enn 1000 nautiske mil av Norskekysten er no dekt med offisielle data. Regjeringa prioriterar arbeidet med sjøkart høgt. Kyststrekninga frå svenskegrensa til Vega er no ferdig. Strekninga frå Vega og nordover vil vere ferdig målt i 2006–2007. Produksjonen av kart går kontinuerleg og dei siste sjøkarta vil vere tilgjengelege første halvår 2008. Dei siste åra er det blitt sendt ein sjømålingsekspedisjon til Svalbard kvart år. Dette har, saman med investeringa i ny teknologi, gitt god framdrift i den aktuelle målesesongen frå juli til september/oktober. Til no er 47 pst. av samla areal dekt med tidsmessige målingar. Dei viktigaste sjøområda vil bli målte først.

Resultatmål 4. Geografiske data skal vere lett tilgjengelege og kunne nyttast effektivt på tvers av sektorar og forvaltningsnivå.

Det er særdeles viktig å få på plass og ta i bruk aksepterte nasjonale og internasjonale standardar for felles bruk av geografiske data. Noreg er aktiv i utvikling og bruk av felles standardar. Erfaringane viser at Kartverket har ei oppgåve som sentral koordinator og bidragsytar i eit vellykka standardiseringsarbeid. Miljøvernforvaltninga spesielt, og offentleg forvaltning generelt, skal gjennomføre ein planmessig bruk av slike standardar.

Innanfor samarbeidet Noreg digitalt vil partane få tilgang til data som er tilrettelagt ved bruk av slike standardar. Formidling av data til aktørar utanfor samarbeidet Noreg digitalt skjer gjennom statsaksjeselskapet Norsk Eigedomsinformasjon. Data er lagt til rette etter dei same standardane også for denne formidlingstenesta.

For sjøkartlegging finst det eigne standardar. Sjøkartverket har etablert ei koordineringsteneste for å gjere elektroniske sjøkart tilgjengelege. Sjøkartverket har så langt inngått avtale med 11 nasjonar om denne tenesta under nemninga PRIMAR Stavanger. Det er ei sentral målsetjing å få fleire land sine sjøkarttenester med i samarbeidet, også dei utanfor Europa. Ved konvertering av sjøkartdata vil data for kysten og dei kystnære områda bli lagt til rette for bruk saman med kartdata for landområda. Etter konvertering vil sjødata vere tilpassa standardane for bruk på land.

Resultatmål 5. Arealplanlegginga skal få eit best mogleg informasjonsgrunnlag om verdien og bruken av areal.

Geodata er eit verkemiddel for at kommunane og forvaltninga skal oppnå effektiviseringsvinstar og betre resultat innanfor område der det ofte er utarbeidd nasjonale målsetjingar. Kommunane har ei sentral rolle som planstyresmakt. Geografisk informasjon og kart framstiller biletleg og forenklar viktig faginformasjon. Geodata kommuniserer derfor effektivt med brukargrupper som ikkje har tematisk spesialkompetanse. Noreg digitalt legg til grunn at arealdata, ressursdata, miljødata og plandata skal inngå i den felles geografiske infrastrukturen. Det har gjennom fleire år vore arbeidd med slike temadata; i samarbeid mellom kommunar, fylke og statlege fagstyresmakter leia av Statens kartverk. Dette arbeidet blir no ført vidare gjennom ei integrering med basis geodata i Noreg digitalt.

Verkemiddel

Resultatområdet er planlagt finansiert med 280,6 mill. kroner i 2005, der alt i hovudsak blir dekt over kapitla 1465 og 2465. I tillegg dekkjer statsoppdraget midlar til delar av Kartverket si drift som blir finansiert over resultatområde 11. Kapitla 1400, 1410, 1427 og 1429 er òg med på å finansiere resultatområdet.

Statens kartverk utførar i all hovudsak Miljøverndepartementet sine oppgåver innan resultatområdet. Statens kartverk er det nasjonale fagorganet som skal kvalitetssikre og leggje til rette geodata for heile det norske samfunnet. Kommunane har òg eit betydeleg ansvar. Verksemda i kommunane er tradisjonelt knytt til teknisk kartlegging (målestokk 1:1 000) og GAB-registrering. Kartverket har eit tradisjonelt ansvar for å etablere og forvalte nasjonale kartseriar og register, bl.a. hovudkartseriane i målestokk 1:50 000 for respektive sjø og land, økonomisk kartverk (målestokk 1:5 000) og landet sitt offisielle register for grunneigedoms- adresse- og bygningsdata (GAB-registeret). Etablering av databasar og produksjon av kart i digital form har lenge vore den store utfordringa, og vil vere det i fleire år framover.

Når kart og stadfesta (koordinatbestemt) informasjon blir forvalta i digital form, er ikkje informasjonen lenger knytt til ein bestemt kartmålestokk. Data samla inn til bruk for eitt formål, f.eks. lokalt i ein kommune, er like godt eigna til bruk i landsomfattande kartseriar. Å utnytte innsamla data på tvers av forvaltningsnivåa stiller krav til samarbeid om felles dataforvaltning både mellom stat og kommune og mellom dei forskjellige statlege deltakarane. Dette er understreka i St.meld. nr. 30 (2002-2003) Norge digitalt, og vil vere førande i arbeidet med å få med nye partar og auka finansiering til den nasjonale infrastrukturen. Statens kartverk er eitt av Miljøverndepartementet og NORAD sine fagsenter for miljøutvikling, og deltek med jamne mellomrom i norske bistandsprosjekt. I det siste året har dette vore knytt til ei rekkje land verda over.

16 Resultatområde 11: Områdeovergripande verkemiddel og fellesoppgåver

Resultatområdet omfattar oppgåver og verkemiddel som går på tvers av resultatområda 1-10. Resultatområdet innverkar følgjeleg på resultatoppnåinga innanfor alle dei andre resultatområda. Sentrale oppgåver er å:

  • Medverke til å integrere miljøomsyn i andre område av politikken på ein effektiv måte, bl.a. ved i samarbeid med andre departement regelmessig å utarbeide Stortingsmelding om Regjeringas miljøvernpolitikk og riket sin miljøtilstand, årleg vurdere og omtale miljøprofilen i statsbudsjettet og følje opp nasjonal handlingsplan for berekraftig utvikling (NA21) kvart år i nasjonalbudsjettet. Utvikling av sektoransvaret i miljøvernpolitikken vil bl.a. ta utgangspunkt i ei evaluering av systemet med sektorvise miljøhandlingsplanar som er utført av Statskonsult.

  • Medverke og ta i bruk generelle økonomiske verkemiddel og frivillige avtaler med næringslivet (når slike alternativ gir best resultat i form av miljøvennleg teknologi og mindre belastning på miljøet), generelle administrative verkemiddel (f.eks. forsking, informasjon, forvaltningspolitisk samarbeid, innhenting og formidling av miljødata, og miljølære i skulen) eller andre områdeovergripande verkemiddel (f.eks. desentralisering av oppgåver og mynde til regionalt og lokalt nivå).

  • Utføre forvaltningsoppgåver, internadministrasjon som internadministrativt utviklingsarbeid og oppgåver innanfor personale, økonomi, IKT, og andre oppgåver som ikkje naturleg høyrer inn under dei andre resultatområda.

Områdeovergripande internasjonalt arbeid er om­talt under resultatområde 8.

Strategiske mål

  • Miljøvernforvaltninga skal innrette verksemda slik at måla i miljøvernpolitikken blir nådde til så låge kostnader som mogleg for samfunnet. Styrings- og kostnadseffektivitet skal vere grunnleggjande for valet av verkemiddel.

  • Miljøvernpolitikken sitt verdigrunnlag skal profilerast, og miljøvernomsyn skal integrerast i alle sektorar av samfunnet – og liggje til grunn for miljøvernforvaltninga sitt interne arbeid. Kunnskap og tilgjenge til miljøinformasjon skal medverke til å styrkje forståinga for å betre avgjerdsgrunnlaget i miljøvernpolitikken. Det skal leggjast til rette for å styrkje og fornye miljøvernarbeidet, og stimulere til berekraftig praksis regionalt og lokalt.

Miljøvernforvaltninga sine arbeidsmål, resultatindikatorar og statusbeskriving

Resultatområdet har ikkje eigne nasjonale mål, men må sjåast i lys av miljøvernforvaltninga sine områdeovergripande oppgåver, jf. resultatområda 1-10.

Tabell 16.1 Mål- og indikatortabell for resultatområde 11 Områdeovergripande verkemiddel og fellesoppgåver

Miljøvernforvaltninga sine arbeidsmål

Miljøvernforvaltninga sine resultatindikatorar

1. Sikre at internadministrasjonen av miljøvern­forvaltninga er målretta, effektiv og miljøvennleg, og i samsvar med overordna retningslinjer for ­statsforvaltninga.

Godt utført planlegging, økonomistyring, personalforvaltning og annan internadministrasjon.

Utviklinga innanfor IKT har gode nytteuttak av investeringar som er gjort.

Oppdatert internt regelverk.

Godt utført planlegging og gjennomføring av tiltak for organisasjonsutvikling, og god oppfølging av andre tiltak innanfor Regjeringa sitt moderniseringsarbeid.

Gjennomført interne tiltak i tråd med prosjektplan for Grøn stat i Miljøverndepartementet.

2. Sikre effektive system og målretta kunnskap som grunnlag for politiske prioriteringar og styring av miljøvernforvaltninga.

Godt gjennomført budsjettarbeid og styringsdialog med miljøvernforvaltninga, andre etatar og verksemder med oppgåver på miljøområdet.

Etablert eit enkelt, forståeleg og operativt system for dokumentasjon av resultat innanfor miljøvernpolitikken i samarbeid med andre departement.

Etablert og teke i bruk gode prosessar og system for utvikling av og tilgang til ny kunnskap både internt og i samarbeid med andre styresmakter og Noregs forskingsråd.

Teke i bruk eksisterande erfaring og kunnskap på ein effektiv måte.

3. Sikre at miljøvernomsyn blir formidla, forankra og integrerte i alle sektorar av samfunnet.

Formidle relevant og ny miljøkunnskap på ein føremålstenleg måte til andre departement.

Etablert tilstrekkeleg kunnskap om andre departement sine mål og utfordringar.

Vidareutvikla Stortingsmelding om Regjeringas miljøvernpolitikk og rikets miljøtilstand for å styrkje at miljøvernpolitikken blir integrert i viktige prosessar og sektorar.

Integrert miljøvernpolitiske mål og synleggjort det økologiske perspektivet i relevante stortingsdokument frå Regjeringa.

Medverka til å endre subsidie- og skatte- og avgiftssystemet i meir miljøvennleg retning.

Medverka til fullskala drift av Grøn Stat, dvs. til at alle statlege verksemder har innført miljøleiing innan 2005.

4. Sikre at nasjonale rammevilkår medverkar til å styrkje og fornye det regionale og lokale plan- og miljøvernarbeidet.

Etablert ei føremålstenleg og god ansvarsdeling mellom sentralt, regionalt og lokalt nivå på miljøvernområdet.

Tilrettelagt eksempelformidling og informasjon slik at kommunane betre utnyttar det handlingsrommet dei har på plan- og miljøområdet.

Tilrettelagt føremålstenlege rammer for kommunar, organisasjonar og lokalsamfunn som ønskjer miljø- og utviklingssamarbeid med lokalsamfunn i sør og aust.

Tilrettelagt for at organisasjonane kan delta som aktive partnarar i utviklinga av miljøvernpolitikken på lokalt nivå.

5. Sikre god informasjon og kommunikasjon med ulike målgrupper om lokale, nasjonale og globale utfordringar.

Løpande formidla Regjeringa sin miljøvernpolitikk via aktuelle kommunikasjonskanalar.

Teke i bruk eigna arenaer for kommunikasjon med ulike målgrupper internt og eksternt.

Lagt til rette for meir open og tilgjengeleg miljøinformasjon.

Statusbeskriving

Arbeidsmål 1. Sikre at internadministrasjonen av miljøvernforvaltninga er målretta, effektiv og miljøvennleg, og i samsvar med overordna retningslinjer for statsforvaltninga.

Det ligg føre ein miljøhandlingsplan og overordna plan- og styringsdokument for å leie miljøvernforvaltninga mest mogleg målretta og effektivt. Det blir arbeidd løpande med organisasjonsutvikling i tråd med Regjeringa sitt moderniseringsarbeid.

Leiings- og kompetanseutvikling står sentralt for å sikre effektiv og planlagt bruk av ressursane. Det blir arbeidd kontinuerleg med å utvikle personalressursane og vidareutvikle sentrale personalpolitiske område, under dette inkluderande arbeidsliv, mobilitet, rekruttering, likestilling og integrering av livsfasepolitikk. Departementet har bl.a. gjennomført 360 graders leiarevaluering, og skal arbeide vidare med utvikling av leiing i lys av dette.

Bruken av informasjonsteknologi skal medverke til effektive og betre arbeidsprosessar. Departementet har innført elektronisk saksbehandling, og arbeider no med innføring av fullt ut elektronisk arkiv. Strategi for IKT i heile miljøvernforvaltninga blir fornya med verknad frå 2005. Oppfølging av strategien er eit forpliktande samarbeid mellom departement og etatar. Arbeidet med Grøn Stat følgjes opp gjennom å integrere miljøleiing i departementet sitt system for verksemdsplanlegging og gjennom ein ISO-14 001 sertifisering. Dette gjer at medarbeidarane kan delta i og komme med innspel om ulike forslag til tiltak. Samtidig gjer verktøya for verksemdsplanlegging at ein sikrar eit system for oppfølging av og måling av effektane av tiltaka over tid. Tiltaksplanen for Grøn Stat i Miljøverndepartementet er basert på dei fire satsingsområda; innkjøp, transport, avfall, og bygg og energi.

På innkjøpsområdet er det utarbeidd grøne sjekklister for innkjøp på dei viktigaste områda for intern drift av departementet. For å redusere reiser og kostnader knytte til desse har departementet teke i bruk eit eige videokonferanserom slik at f.eks. regelmessige møte med etatane kan gjennomførast derifrå. Innanfor avfallsområdet er vi knytte til eit prosjekt for kjeldesortering som er under oppstarting for statlege verksemder på Akershus festning. I forhold til energibruk arbeider ein for å knyte bygningsmassen til departementet til Forsvarsbygg sin driftssentral for festningsområdet.

Arbeidsmål 2. Sikre effektive system og målretta kunnskap som grunnlag for politiske prioriteringar og styring av miljøvernforvaltninga.

Det er utvikla eit heilskapleg system for styring, prioritering og resultatmåling/oppfølging i miljøvernforvaltninga. Systemet dekkjer alle nivå, og skal ivareta alle føremål, under dette også departementet sitt arbeid med etatsstyring. I 2004 starta departementet eit prosjekt for å kunne vurdere eventuelle høve til ytterlegare effektivisering og forenkling av arbeidet i miljøvernforvaltninga. Prosjektet omfattar alle etatane, med unntak av Statens kartverk og Produktregistret. Prosjektet omfattar òg interne administrative oppgåver i Miljøverndepartementet. Kartleggingsarbeidet, som utgjer første fase av prosjektet, vart avslutta i sommar. Ut over hausten blir prosjektet ført vidare med såkalla «djupdykk» på utvalde område.

Miljøvernforvaltninga har ansvar for utvikling og drift av systema for dokumentasjon og kvalitetssikring av norske miljødata. Miljøvernforvaltninga skal syte for at data som blir nytta i statlege og sentrale internasjonale rapportar er autoriserte og offisielle norske miljødata. Eit system for resultatdokumentasjon i miljøvernpolitikken er utvikla og under prøving. Det blir bl.a. lagt opp til ei systematisk rapportering og dokumentasjon av resultata av Regjeringa sin samla miljøvernpolitikk på bakgrunn av data frå miljøovervaking, miljøstatistikk og sektorvis miljørapportering. Systemet vil gi viktig informasjon for å vurdere utviklinga i miljøet og gjennomføringa av politikken innanfor kvar sektor, og identifisere behovet for ny politikk. Referansesystemet for miljøinformasjon skal innehalde tilvisingar til alle miljødata som blir nytta i Stortingsmelding om Regjeringas miljøvernpolitikk og rikets miljøtilstand (RM), Miljøstatus i Noreg på Internett og internasjonal rapportering. Arbeidet med dataproduksjon, forvaltning og formidling må sjåast i samanheng med IKT-strategi for miljøvernforvaltninga.

Miljøverndepartementet samarbeider med Noregs forskingsråd for å sikre at kunnskapsproduksjonen blir målretta, og at resultata frå forskinga blir formidla slik at dei òg kan nyttast av andre avgjerdstakarar. Det er lagt stor vekt på å formidle nye forskingsresultat til avgjerdstakarane på ein god måte, og at forvaltninga får forståing for i kor stor grad forskingsresultat ligg til grunn for forvaltninga sitt eige arbeid og dei avgjerder den tek. Nye kunnskapsbehov og resultat av forskingsinnsatsen som er finansierte av Miljøverndepartementet, er omtalte under dei enkelte resultatområda. Gjennom EØS-avtala deltek Noreg i EU sitt 5. rammeprogram for forsking. Norske forskingsmiljø har markert seg godt, bl.a. i miljødelen av rammeprogrammet.

Arbeidsmål 3. Sikre at miljøvernomsyn blir formidla, forankra og integrerte i alle sektorar av samfunnet.

Miljøprofilen i statsbudsjettet og status i miljøpolitikken er omtalt i stortingsmeldinga om Regjeringas miljøvernpolitikk og rikets miljøtilstand som blir lagt fram annakvart år. For å konkretisere sektoransvaret har departementa i åra 1998-2002 utarbeidd miljøhandlingsplanar for sine ansvarsområde. Statskonsult har gjennomført ei evaluering av systemet med sektorvise miljøhandlingsplanar. Utviklinga av sektoransvaret i miljøvernpolitikken vil bl.a. ta utgangspunkt i konklusjonar og anbefalingar frå denne evalueringa. Nettverk for miljølære har blitt eit godt hjelpemiddel for lærarar og elevar på alle nivåa innanfor skuleverket. Mange skular nyttar nettverket sine Internettsider, som òg er kopla opp mot Miljøstatus i Noreg for utdjupande bakgrunnsinformasjon.

Det tverrdepartementale samarbeidet om planen eNoreg omfattar spørsmål som både er knytte til berekraftig utvikling og IKT og til verdien av miljøinformasjon og stadfesta (koordinatbestemt) informasjon som elektronisk innhald.

Grøn stat – innføring av miljøleiing i statlege verksemder

Staten har eit stort potensial til å påverke miljøet, både gjennom eiga drift og eige forbruk, og gjennom påverknad av produksjon av varer og tenester. Sjølv om dei fleste statlege etatar/verksemder har ei driftsform som ikkje medfører store enkeltutslepp samanlikna med tradisjonell industri, fører omfanget av den totale statlege verksemda til at miljøpåverknaden er betydeleg. Regjeringa har sett som mål at alle statlege etatar og verksemder innan utgangen av 2005 skal ha innført miljøleiing som ein integrert del av styringssystema for organisasjonen.

Kvart departement har ansvar for å innføre miljøleiing i eige hus, og for at underliggjande etatar og verksemder innfører miljøleiing innan 2005.

Alle departementa og dei fleste underliggjande etatane har no starta arbeidet. Fleire verksemder har allereie innfridd målet og innført miljøleiing som ein integrert del av styringssystemet sitt. Enkelte verksemder har dessutan gjennomført eller har planar om å utvikle vidare miljøleiingssystemet sitt til eit meir omfattande og tredjepartsertifisert system. Det er venta at alle etatane vil innfri målsetjinga som føresett i løpet av 2005.

Ei rekkje miljøtiltak er sette i verk. Det blir blant anna fokusert på å fremje meir miljøeffektive innkjøp. Fylkesmannen i Vestfold har gjennomgått avfallsrutinane og inngått ny avtale med reinhaldsbyrået. Det har resultert i at restavfallsmengda er halvert, samtidig som verksemda har redusert kostnadene til både reingjering og avfallshandtering. Fylkesmannen har òg spart betydelege beløp ved å oppgradere eksisterande PCar framfor å kjøpe nye. Det har forlenga levetida til utstyret og redusert miljøbelastninga knytt til produksjon av nye PCar.

Nærare omtale av arbeidet er elles gitt i budsjettproposisjonane frå dei enkelte departementa.

For å sikre at statlege verksemder har god nok kunnskap og kompetanse om miljøleiing og aktuelle tiltak, er det blitt utvikla kursopplegg og vegleiingsmateriell tilpassa statlege verksemder. I tillegg vart det i 2004 etablert ein interaktiv nettstad til praktisk hjelp for verksemder. Desse verktøya og hjelpemidla vil òg kunne nyttast av andre offentlege og private verksemder.

Berekraftig produksjon og forbruk

Det er eit mål å minimere den uheldige verknaden produkt og tenester har på miljøet, noko som seinast vart uttalt i deklarasjonen frå FN-toppmøtet i Johannesburg om miljø og berekraftig utvikling. Dette området vil derfor vere viktig i Regjeringa sitt vidare arbeid med Nasjonal Agenda 21 – handlingsplan for berekraftig utvikling.

For å bidra til å hindre at miljøbelastning aukar i takt med forbruksveksten vil det bli arbeidd for å styrkje innsatsen spesielt retta mot forbrukarar, med særlig vekt på tilgang på informasjon og anna tilrettelegging for å gjere det lettare å opptre som miljøvennleg forbrukar.

Offentleg sektor har eit hovudansvar for å gå føre i arbeidet for eit meir berekraftig forbruk. Årleg kjøper offentleg sektor varer og tenester for over 200 milliardar kroner, av dette ca. 75 milliardar i statleg regi. Ved å ta miljøomsyn ved innkjøp og investeringar vil offentleg sektor kunne bidra betydeleg til å redusere miljøbelastninga av drifta si. Samtidig vil auka etterspørsel etter miljøvennlege løysingar frå offentleg sektor bidra til å fremje rimelegare og betre utval av miljøvennlege produkt og teknologi i heile marknaden. I næringslivet blir det lagt ned store ressursar på å utvikle meir miljøvennlege løysingar og ta i bruk miljømerkeordningar for å informere om produkta sine miljøeigenskapar. Næringslivet opplever likevel manglande etterspørsel etter slike løysingar frå det offentlige.

I lov om offentlige anskaffelser, er det stilt krav om at det ved planlegging av innkjøp skal takast omsyn til livssykluskostnader og miljøkonsekvensar av nyskaffingane. Erfaringane så langt tyder likevel på at det gjenstår betydelege utfordringar i å integrere miljøomsyn i innkjøpsprosessen til den enkelte statlege verksemda.

For å fremje miljøomsyn ved offentlege innkjøp vurderas det bl.a. opprette eit ekspertpanel for miljømedvitne innkjøp som har som formål å identifisere barrie­rane og høva, foreslå verkemiddel og medverke til auka fokus på miljømedvitne innkjøp.

Rett til miljøinformasjon er gitt eit særskilt vern i grunnlova. For å styrkje denne retten er det vedteke ei ny samla lov om rett til miljøinformasjon og deltaking i offentlege avgjerdsprosessar med innverknad på miljøet (miljøinformasjonslova), som trådde i kraft 1. januar 2004. Lova inneber ei plikt for både offentlege styresmakter og offentlege og private verksemder til å gi ut miljøinformasjon. Lova forpliktar vidare forvaltingsorgan på alle nivå til å gjere allment tilgjengeleg oversiktsinformasjon om miljøtilstand og miljøforhold innanfor sine respektive ansvarsområde. Den retten allmenta har til miljøinformasjon frå offentlege organ er styrkt også ved særskilte innsyns- og saksbehandlingsreglar som går lenger enn offentleglova. I forhold til miljøinformasjon frå verksemder innfører lova heilt nye rettar og plikter. Lova bringar norsk rett i samsvar med våre internasjonale forpliktingar på området, men går samtidig lenger på ei rekkje punkt.

For å bidra til å sikre at lova blir overhalden har Regjeringa oppnemnt ei eiga uavhengig klagenemnd som trådde i funksjon 1. januar 2004. Klagenemnda for miljøinformasjon behandlar klager over avslag på innsyn hos private verksemder. Klage over avslag på miljøinformasjon frå offentlege organ følgjer offentleglova sitt system med klage til overordna organ.

Regjeringa ønskjer å leggje til rette for å styrkje utvikling og bruk av miljøteknologi, og bidra til at dette blir eit sentralt element for å møte viktige miljøutfordringar. Miljøteknologi omfattar alle teknologiar som gir mindre miljøbelastningar enn relevante alternativ. Gjennom redusert energi- og ressursbruk blir i tillegg ofte kostnadene reduserte, samtidig som teknologien si konkurranseevne blir styrkt. Miljøteknologi kan derfor både bidra til miljøforbetringar og sikre næringsutvikling og sysselsetjing. Det er vidare aukande fokus på miljøteknologiske løysingar internasjonalt, noe som inneber auka høve til eksport for norske bedrifter.

I tillegg vil reduserte kostnader auke høvet for utviklingsland til å ta i bruk teknologien og bidra til at desse landa sitt sterke behov for økonomisk vekst kan skje utan tilsvarande auka belastningar på miljøet. Miljøteknologi, som gir grunnlaget for auka verdiskaping, redusert forureining og reduserte kostnader, kan derfor òg vere eit effektivt og sentralt bidrag til arbeidet med å redusere fattigdommen i verda.

Det blir foreslått å styrkje fokuset på miljøteknologi gjennom å satse på tiltak knytte til auka samarbeid med og informasjon til næringsliv og forskning, meir miljømedvitne offentlege innkjøp, kompetanseoppbygging og internasjonalt samarbeid.

Det blir òg gitt støtte til kompetanseformidling og informasjon om miljøvennleg produksjon og forbruk, jf. kap. 1400 post 73.

Arbeidsmål 4. Sikre at nasjonale rammevilkår medverkar til å styrkje og fornye det regionale og lokale plan- og miljøvernarbeidet.

Oppgåver på regionalt nivå

Den regionale miljøforvaltninga er lagt til fylkesmennene som skal sjå til at nasjonale miljømål blir omsette til regionale og lokale mål og tiltak. Fylkesmannen har ei sentral rolle i samband med samarbeid og samordning med andre sektorar og forvaltar dessutan delar av lovverket på miljøvernområdet. Fylkesmannen sine arbeidsoppgåver skal vere i samsvar med Regjeringa sine prioriteringar. Der internasjonale konvensjonar medfører regionale plikter, må dette prioriterast. Samla sett er miljøvernavdelingane sin innsats i hovudsak retta mot resultatområda 1. Berekraftig bruk og vern av biologisk mangfald, 2. Friluftsliv, 4. Overgjødsling og oljeforureining, 5. Helse og miljøfarlege kjemikaliar, 6. Avfall og gjenvinning, 7. Klimaendringar, luftforureining og støy og 9. Regional planlegging. I tillegg har Miljøverndepartementet ansvaret for andre avdelingar hos fylkesmannen når det gjeld område av meir tverrsektoriell karakter som knyter seg til resultatområda 9. Regional planlegging og 10. Kart og geodata. Fylkesmannen sine viktigaste oppgåver er knytte til:

  • Verneplanarbeidet der tempoet skal haldast oppe i tråd med gjeldande framdriftsplanar for nasjonalparkplanen, sluttføring av dei fylkesvise verneplanane, marin verneplan og nytt skogvern, under dette vern av skog på statsgrunn.

  • Bevaring av villaksen som er eit nasjonalt satsingsområde der etablering av nasjonale laksevassdrag og laksefjordar er det viktigaste nasjonale løftet. Oppfølginga av stortingsvedtaket i samband med behandlinga av St.prp. nr. 79 (2001-2002) Opprettelse av nasjonale laksevassdrag og laksefjorder blir derfor høgt prioritert. Fylkesmennene sitt arbeid med kartlegging av bestandssituasjonen er viktig i eit nasjonalt perspektiv og må prioriterast. Vidare skal kampen mot lakseparasitten Gyrodactylus salaris førast vidare.

  • Rovviltforvaltninga, der arbeidet skal førast vidare i tråd med Stortinget si behandling av St.meld. nr. 15 (2003-2004) Rovvilt i norsk natur. Stortinget si behandling av den nye rovviltmeldinga inneber bl.a. at det skal opprettast eigne regionale rovviltnemnder i åtte regionar, basert på eksisterande fylkesgrenser. Eit fylkesmannsembete i kvar region skal vere sekretariat for rovviltnemndene. Fylkesmennene skal fatte enkeltvedtak knytte til felling av rovvilt innafor dei rammene som rovviltnemndene set. Fylkesmannen får vidare ansvar knytt til betre samordning av landbrukspolitiske, reindriftspolitiske og miljøvernpolitiske verkemiddel på regionalt nivå.

  • Friluftsliv, der det skal leggjast til rette for friluftsliv og sikre allmenta tilgang til friluftsområde. Fylkesmennene må halde god framdrift i arbeidet med sikring av friluftsområde, særleg i strandsona.

  • Oppfølging av Johannesburgkonferansen og St.meld. nr. 42 (2000-2001) om biologisk mangfald der det blir utvikla eit nytt forvaltningssystem for biologisk mangfald. Sentralt i dette arbeidet er data som blir samla inn gjennom den kommunale kartlegginga av biologisk mangfald. Fylkesmannen har ei særs viktig rolle i samband med innhenting og kvalitetssikring av data frå kommunane, og i å vere aktiv i ei felles geodataforvaltning og kompetanseheving i bruken av geografisk informasjon.

  • Arbeidet med forureinande sediment, PCB og andre miljøgifter skal styrkjast. Fylkesmannen skal prioritere utarbeiding av fylkesvise tiltaksplanar for dei mest forureinande fjordsedimenta. Arbeidet med å nå dei nasjonale måla innan forureina grunn inneber ein stor innsats for fylkesmannen i form av opprydding og/eller granskingar. Tilsyn i form av kontroll og reaksjon skal styrkjast for å sikre etterleving av regelverket. Fylkesmannen skal reagere raskt og strengt på alvorlege brot på forureining- og produktkontrollova. Fylkesmannen har vidare ei viktig rolle når det gjeld oppfølginga av EU sitt rammedirektiv for vatn og tilknytte direktiv, særleg avløpsregelverket.

  • Ansvar for regional stat si deltaking og medverknad i den regionale planlegginga, og ansvaret for at nasjonal politikk blir formidla og teken vare på. Fylkesmannen har òg ei oppgåve i å samordne dei statlege interessene i planarbeidet, utføre mekling i motsegnsaker og behandle klager på regulerings- og utbyggingsplanar.

  • Informasjon er eit prioritert verkemiddel for heile miljøvernforvaltninga. Fylkesmannen skal derfor framleis ha skarpt fokus på innhenting, kvalitetssikring, levering og forvaltning av miljø- og geodata. Dataforvaltninga skjer ved hjelp av sentrale fagsystem som er ein del av den nasjonale geografiske infrastrukturen. Vidare skal fylkesmannen formidle kunnskap om utvikling i miljøtilstand og arealbruk.

  • Fylkesmannen skal i sin dialog med kommunane om prioriterte miljøutfordringar utnytte skjønnsmidlane strategisk.

Ein viser elles til Arbeids- og administrasjonsdepartementet sin budsjettproposisjon, Programkategori 01.10 Fylkesmennene.

Styrking av miljøvernpolitikken på lokalt nivå

Ei lokal forankring og eit lokalt engasjement i miljøvernpolitikken er nødvendig for å gi legitimitet til ein progressiv nasjonal miljøvernpolitikk og for å hente ut vinsten av tidlegare investeringar i kapasitet og kompetanse lokalt. Samtidig som kommunane har stor fridom innanfor ramma av det lokale sjølvstyret på miljøvernområdet, har dei til dels detaljerte statlege forventningar på andre tenesteområde. I dei seinare åra er det registrert ei nedbygging av kommunal kompetanse og kapasitet på miljøvernområdet. Dette gjeld særleg dei minst folkerike kommunane, som ofte har store utfordringar knytte til miljø- og arealpolitikken. I lys av denne utviklinga vil Regjeringa vurdere nye initiativ som kan styrkje den lokale forankringa av miljøvernpolitikken.

Kommunen har som sjølvstendig forvaltningsnivå ansvar for og høve til å finne gode løysingar i tråd med den nasjonale miljøvernpolitikken. Stiftelsen Idébanken gjennomfører i denne samanhengen eit eige utviklingsprogram for 20 føregangskommunar som skal presentere sine resultat og erfaringar overfor andre kommunar i 2005.

Kommunen kan dessutan ta initiativ og skape arenaer mellom organisasjonar, lokalt næringsliv, skular og lokalbefolkning. Miljøverndepartementet vil leggje til rette informasjon og støttefunksjonar, og stimulere organisasjonane til å medverke slik at kommunane nyttar sitt miljøvernpolitiske handlingsrom best mogleg. Departementet tek vidare sikte på å gjere tydeleg rolle og forventningar til kommunane på dei ulike miljøvernpolitiske resultatområda, under dette energi- og klimafeltet. Veiviser i miljølovverket – ein internettbasert presentasjon av ansvar, mynde og regelverk på miljøvernområdet – er tilgjengeleg på ODIN frå juni 2004. På forureiningsområdet blir arbeidet med regelverksforenklingar ført vidare.

Lokal Agenda 21 koplar ein global strategi for berekraftig utvikling med lokalt engasjement. I denne samanhengen er lokale styresmakter ikkje først og fremst styresmakt eller tenesteprodusent, men partnar og initiativtakar til samarbeidsprosjekt med næringsliv, skular og organisasjonar. Lokal Agenda 21-prosjekt og folk til folk-samarbeid mellom Nord og Sør bør utnyttast sterkare til å auke forståinga for utfordringane i utviklingslanda og behova når det gjeld produksjons- og forbruksmønster i vårt eige land. Miljøverndepartementet vil derfor som ledd i oppfølginga av CSD 12 og Nasjonal Agenda 21 medverke til å styrkje kommunane sine høve til å gå aktivt inn i rolla som partnar og initiativtakar til samarbeidsprosjekt for miljø og utvikling med lokalsamfunn i land i Sør og Aust.

Arbeidsmål 5. Sikre god informasjon og kommunikasjon med ulike målgrupper om lokale, nasjonale og globale utfordringar.

Pressa og frivillige organisasjonar er viktige målgrupper for Miljøverndepartementet. Vi legg derfor særleg vekt på at desse gruppene får god tilgang til informasjon, slik at dei på sin måte kan formidle vidare til sine målgrupper.

Pressereiser i samband med nasjonale og internasjonale møte der miljøvernministeren deltek er blant tiltak som blir nytta. På tradisjonell måte blir det utarbeidd artiklar og kronikkar til aviser og tidsskrifter, og det blir også arrangert pressekonferansar ved viktige hendingar.

Godt samarbeid med organisasjonane er viktig for departementet, og driftstilskot til dei frivillige organisasjonane er eit nyttig verkemiddel for å styrkje aktivitet og deltaking.

I tillegg til media er Internett ein viktig kanal for informasjonsformidling frå Miljøverndepartementet. Store mengder miljøinformasjon er gjort tilgjengeleg under ei felles inngangsside for miljøvernforvaltninga: www.miljo.no. Miljøstatus i Noreg (www.miljostatus.no) er inngangen til fakta og annan informasjon knytt til tilstand og utvikling for dei miljøvernpolitiske resultatområda. Det er etatane sitt ansvar å oppdatere denne informasjonen. Departementet sine internettsider skal vere ein formidlingskanal i tråd med lov om rett til miljøinformasjon. Eitt døme er høyringssaker der også høyringsfråsegnene blir lagt ut på nettet. Informasjonssidene om EU/EØS er eit anna døme. Dei gir brukarane informasjon om arbeidet i EU/EØS i god tid og dermed høve til å påverke prosessen. Bruken av Internett er ein viktig del av strategien for IKT i miljøvernforvaltninga der utvikling av interaktive, brukartilpassa informasjonsløysingar er sentrale mål.

For å formidle nyhende, avgjerder og tolkingsfråsegner innan planlegging etter plan- og bygningslova og kartforvaltning, gir departementet ut publikasjonane Plannytt og Planjuss. Publikasjonane er retta mot folk som arbeider i privat og offentleg verksemd. Ein nettstad for Handlingsprogram for universell utforming er tilrettelagt for personar med ulike funksjonshemmingar, og er banebrytande innan forvaltninga i bruken av taleweb.

Det blir sett av midlar til ulike informasjonstiltak og aktivitetar. Vi markerer også internasjonale miljødagar. Informasjon i samband med aktuelle stortingsmeldingar, bl.a. oppfølging av biomangfaldmeldinga og rovviltmeldinga står sentralt. I 2005 vil Miljøverndepartementet følgje opp Friluftslivsåret med ulike infotiltak.

Departementet har eit nært samarbeid med dei underliggjande etatane om informasjon til utvalde målgrupper.

Verkemiddel

Resultatområdet er planlagt finansiert med 493,3 mill. kroner over Miljøverndepartementet sitt budsjett for år 2005. Resultatområdet omfattar innsatsen av områdeovergripande verkemiddel og fellesoppgåver på tvers av alle resultatområda 1-10, og blir finansiert av alle delar av miljøvernforvaltninga, jf. kap. 1400, 1410, 1425, 1426, 1427, 1429, 1432, 1441, 1444, 1465 og 1471. Tilskot til miljøvernorganisasjonane er òg eit viktig verkemiddel for å styrkje medverknad og engasjement omkring ulike miljøspørsmål, jf. kap. 1400, post 70. For år 2005 er det totalt avsett 85,7 mill. kroner til miljøovervaking over Miljøverndepartementet sitt budsjett, jf. kap. 1410, post 21. I tillegg blir lønn og drift av fylkesmannen sine miljøvernavdelingar finansiert over kap. 1510, jf. St.prp. nr. 1 (2004-2005) for Arbeids- og sosialdepartementet.

Miljøverndepartementet utviklar og forvaltar ei rekkje lover, reglar og instruksar som har innverknad på miljøsektoren og plansida, f.eks. plan- og bygningslova, forureiningslova, naturvernlova m.m.

Ein effektiv og målretta organisasjon er eit avgjerande verkemiddel for gjennomføring av Miljøverndepartementet sine mål.

Fotnotar

1.

Avfall som går til kjent behandling.

Til forsida