Del 3
Miljøverndepartementet sitt budsjettforslag for 2005
Programkategori 12.10 Fellesoppgåver, regional planlegging, forsking, internasjonalt arbeid m.m.
Utgiftene under programkategori 12.10 kan førast attende til alle resultatområda.
I forhold til saldert budsjett 2004 foreslår departementet ein auke på 3,2 pst. under programkategorien.
Departementet foreslår å opprette ein eigen tilskotspost med ei løyving på 19,4 mill. kroner til arbeidet med universell utforming og auka tilgjenge for personar med nedsett funksjonsevne til transport, bygningar, informasjon og andre viktige samfunnsområde.
Departementet gjer vidare framlegg om at tilskota til frivillige miljøvernorganisasjonar aukar med 15 pst. I tillegg er det lagt inn ein auke på posten for internasjonale organisasjonar for å dekkje ein generell auke av fleire kontingentar og ein spesiell auke av kontingenten til European Environement Agency pga. utvidinga av EU med 10 nye medlemsland frå 1. mai 2004. Posten for miljøvennleg byutvikling aukar med 2 mill. kroner.
Departementet legg vekt på å halde løyvingane til forsking og overvaking på eit høgt nivå. Basisløyvingane til miljøforskingsinstitutta aukar med 3,9 pst., mens tilskot til nasjonale oppgåver ved miljøforskingsinstitutta blir haldne på same nominelle nivå som i 2004. Løyvingane til overvaking og forskingsprogram blir derimot foreslått reduserte med til saman 3,4 pst. i høve til løyvingane for 2004. Departementet foreslår òg reduksjon i løyvingane til kompetanseformidling og informasjon om miljøvennleg produksjon og forbruk og under 21-posten til departementet.
Frå 2005 blir også midlane til den nordiske verdsarvstiftelsen løyvd under programkategorien. Denne løyvinga låg tidlegare under programkategori 12.30. Det blir elles vist til innleiinga i del 2 der det er gjort greie for budsjettvise endringar i 2005 innanfor dei ulike resultatområda.
Utgifter under programkategori 12.10 fordelte på kapittel
(i 1 000 kr) | |||||
---|---|---|---|---|---|
Kap. | Nemning | Rekneskap 2003 | Saldert budsjett 2004 | Forslag 2005 | Pst. endr. 04/05 |
1400 | Miljøverndepartementet (jf. kap. 4400) | 375.170 | 311.235 | 334.667 | 7,5 |
1410 | Miljøvernforsking og miljøovervaking (jf. kap. 4410) | 329.400 | 318.943 | 315.412 | -1,1 |
Sum kategori 12.10 | 704.569 | 630.178 | 650.079 | 3,2 |
Kap. 1400 Miljøverndepartementet (jf. kap. 4400)
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2003 | Saldert budsjett 2004 | Forslag 2005 |
01 | Driftsutgifter | 158.000 | 155.232 | 159.687 |
21 | Spesielle driftsutgifter | 58.383 | 47.185 | 37.789 |
60 | Tilskot til lokalt miljøvern , kan overførast | 2.023 | ||
61 | Yttersø gard | 3.750 | ||
70 | Grunnstøtte til frivillige miljøvernorganisasjonar | 34.750 | 26.077 | 30.000 |
71 | Internasjonale organisasjonar | 33.112 | 33.457 | 38.007 |
72 | Miljøverntiltak i nordområda , kan overførast | 6.700 | 7.000 | 7.000 |
73 | Tilskot til kompetanseformidling og informasjon om miljøvennleg produksjon og forbruk , kan overførast | 33.425 | 28.713 | 23.713 |
74 | Tilskot til AMAP , kan overførast | 2.200 | 2.200 | 2.200 |
75 | Miljøvennleg byutvikling , kan overførast | 4.694 | 3.000 | 5.000 |
76 | Støtte til nasjonale og internasjonale miljøtiltak , kan overførast | 8.422 | 8.371 | 8.371 |
77 | Oppfylling av garantiansvar | 19.359 | ||
78 | Miljøtiltak til nikkelverka på Kola , kan overførast, kan nyttast under post 21 | 7.351 | ||
79 | Den nordiske verdsarvstiftelsen | 3.000 | 3.500 | |
80 | Tilskot til universell utforming og tilgjenge for alle , kan overførast, kan nyttast under post 21 | 19.400 | ||
Sum kap. 1400 | 375.170 | 311.235 | 334.667 |
Post 01 Driftsutgifter
Løyvinga dekkjer dei ordinære driftsutgiftene som er naudsynte for at Miljøverndepartementet skal kunne halde ved lag ei forsvarleg verksemd. Om lag to tredelar av løyvinga gjeld lønn til fast tilsette i departementet. I perioden 1. mars 2001 – 1. mars 2004 har talet på årsverk i departementet vorte redusert frå 256 til 224.
Om lag ein tredel av løyvinga går til å dekkje husleige, fornying av materiell, inventar og utstyr, bl. a. drift og utvikling av IT-anlegget til departementet, reiseutgifter, kurs- og konferanseverksemd og tiltak for kompetanseutvikling. Av desse fellesutgiftene er husleige og IT-utgifter dei største. Departementet har òg høge reiseutgifter pga. det internasjonale miljøvernarbeidet.
Meirinntekter under kap. 4400 post 02 gir grunnlag for tilsvarande meirutgifter under denne posten, jf. Forslag til vedtak II nr. 1.
Post 21 Spesielle driftsutgifter
Posten dekkjer utgifter til kjøp av utgreiingar og lønn til mellombels tilsette som er knytte til faglege prosjekt. Miljøvernpolitikken står overfor store utfordringar og det er viktig å ha eit grundig fagleg fundament for den politikken, som blir lagt opp. Det er derfor viktig å ha midlar til å kunne utgreie nye politiske satsingar, tiltak og verkemiddel og konsekvensar av dei, og til å kunne evaluere gjennomført politikk med sikte på vidare politikkutvikling. På miljøvernområdet er det få sterke interessegrupper som har ressursar til på sjølvstendig grunnlag å utføre djuptgåande faglege utgreiingar som utgangspunkt for å fremje politiske synspunkt. På den andre sida står miljøvernet overfor ressurssterke interessegrupper med både utgreiings- og påverknadskraft, og som har andre interesser enn miljøvern. Det er derfor viktig at Miljøverndepartementet har tilstrekkelege ressursar til å kunne initiere utgreiingar av ny politikk og evaluere politiske tiltak og verkemiddel som er sette i gang eller gjennomførte. I tillegg blir ressursar nytta til å vurdere miljøkonsekvensar av forslag som blir fremja frå andre sektorar. Til trass for den store politiske betydninga denne posten har for departementet, har vi funne det nødvendig å foreslå ein reduksjon i løyvinga under posten i høve til løyvinga for 2004. Reduksjonen relaterer seg i hovudsak til fristilte midlar i samband med avslutta prosjekt. Med omsyn til den stramme budsjettsituasjonen har Miljøverndepartementet sett det som nødvendig å omprioritere desse midlane til høgt prioriterte tiltak som blant anna skjøtsel og forvaltning av verneområde, skjergardsparkar og nytt skogvern. Vidare er 4,4 mill. kroner flytt til post 80 Tilskot til universell utforming og tilgjenge for alle (nyoppretta).
For 2005 er midlar under denne posten bl.a. planlagt brukt til utvikling av ein heilskapleg forvaltningsplan for Barentshavet, gjennomføring av rammedirektivet for vatn, tiltak for villaksen (hovudsakeleg tiltak mot Gyrodactylus salaris, men òg eit overvakings- og evalueringsprogram for nasjonale laksevassdrag og laksefjordar) og bevaring av fjellrev. Meirinntekter under kap. 4400 post 21 gir grunnlag for tilsvarande meirutgifter under denne posten, jf. Forslag til vedtak II nr. 1.
Post 60 Tilskot til lokalt miljøvern, kan overførast
Midlane er frå 2004 innlemma i det ordinære rammetilskotet til kommunane.
Post 61 Yttersø gard – kjøp av areal rundt garden
Posten var ei eingongsløyving for 2003 og vart lagt ned i statsbudsjettet for 2004.
Post 70 Grunnstøtte til frivillige miljøvernorganisasjonar
Posten omfattar all grunnstøtte til frivillige miljøvernorganisasjonar som blir gitt over budsjettet til Miljøverndepartementet. Støtte blir gitt til organisasjonar som har sitt kjerneområde direkte knytt til miljøvern eller fagspesifikke område.
Posten blir auka med 15 pst. frå 2004 til 2005.
Mål
Tilskotsordninga skal medverke til å halde oppe eit breitt utval av demokratisk oppbygde, landsomfattande organisasjonar med miljøvern som hovudarbeidsfelt, for å sikre frivillig engasjement og styrkje medverknaden i miljøvernspørsmål lokalt, regionalt og sentralt, basert på fagleg innsikt. Storleiken på driftstilskota blir fastsett bl.a. ut frå ei vurdering av organisasjonane sitt aktivitetsnivå lokalt, deira økonomi og alternative høve til finansiering, saman med medlemstalet i organisasjonane. WWF-Noreg har opplyst at WWF-Noreg si medlemsforeining vil bli lagt ned frå 31. desember 2004. WWF-Noreg utgreier no styreforma si. Departementet vil vurdere om den endelege styringsforma som WWF-Noreg vedtek, fyller vilkåra i tråd med kriteria ovanfor, før tilskot eventuelt blir utbetalt til organisasjonen.
Oppfølging og kontroll
Oppfølging og kontroll går føre seg ved generell formalia- og sannsynskontroll av innsende årsmeldingar, og rekneskap stadfest av revisor.
Tabell 17.1 Grunnstøtte til frivillige miljøvernorganisasjonar
Organisasjon | Rekneskap 2003 | Vedtatt budsjett 2004 | Forslag 2005 |
---|---|---|---|
Miljøheimevernet | 8 000 | ||
Norges Naturvernforbund | 4 324 | 4 480 | 5 152 |
Framtiden i våre hender | 1 588 | 1 645 | 1 892 |
Den Norske Turistforening | 2 904 | 3 009 | 3 460 |
Norges Jeger- og fiskerforbund | 3 980 | 4 123 | 4 742 |
Friluftslivets fellesorganisasjon | 1 962 | 2 033 | 2 338 |
Norsk Ornitologisk Forening | 1 198 | 1 241 | 1 427 |
Norges kulturvernforbund | 540 | 559 | 643 |
Fortidsminneforeningen | 2 539 | 2 630 | 3 025 |
Forbundet Kysten | 1 074 | 1 113 | 1 280 |
Norsk forening for fartøyvern | 982 | 1 017 | 1 170 |
Noregs Velforbund | 1 879 | ||
Natur og Ungdom | 852 | 883 | 1 015 |
Norges Miljøvernforbund | 170 | 176 | 202 |
WWF-Norges Medlemsforening | 455 | 471 | 541 |
Norsk forening mot Støy | 648 | 671 | 772 |
Norsk Vannforening | 185 | 192 | 220 |
Samarbeidsrådet for biologisk mangfold | 569 | 589 | 677 |
Norsk Biologforening | 78 | 81 | 95 |
Norsk Zoologisk Forening | 52 | 54 | 63 |
Norsk Entomologisk Forening | 78 | 81 | 95 |
Norsk Botanisk Forening | 78 | 81 | 95 |
Foreningen Våre Rovdyr | 125 | 130 | 153 |
Norsk Soppforening | 49 | 50 | 60 |
Blekkulfs miljødektektiver | 441 | 768 | 883 |
Sum | 34 750 | 26 077 | 30 000 |
Grønn Hverdag vart i 2004 overført til kap. 1400, post 73, og grunnstøtta til Norges velforbund gjekk ut frå 2004.
Departementet tek atterhald og vurderer løpande, basert på innkomne søknader, om organisasjonar som blir tildelte grunnstøtte tilfredsstiller kriteria for å ta imot støtte på denne posten.
Post 71 Internasjonale organisasjonar
Midlane under denne posten gjeld alle resultatområde, unnateke resultatområde 11 Områdeovergripande verkemiddel og fellesoppgåver. Auken på posten i forhold til budsjettet 2004 gjeld ein generell auke av fleire kontingentar og ein spesiell auke av kontingenten til EEA pga. utvidinga av EU med 10 nye medlemsland frå 1. mai 2004.
Mål
Målsetjinga med løyvinga er å medverke til å halde ved lag drifta av organisasjonar som utfører eit viktig miljøretta arbeid av verdi for Noreg.
Løyvinga skal dekkje obligatoriske bidrag til internasjonale organisasjonar der Noreg deltek aktivt. Løyvinga under denne posten er ei direkte følgje av at Stortinget har ratifisert avtaler med budsjettbindingar, eller at Regjeringa har vedteke norsk medlemskap. I tillegg blir det gitt eit frivillig bidrag til FN sitt miljøfond (UNEP). Ordninga er ikkje open for søknad.
Følgjande internasjonale organisasjonar får bidrag:
FN sitt miljøfond (UNEP)
Den internasjonale hydrografiske organisasjon (IHO)
Den internasjonale naturvernunionen (IUCN)
Fellessekretariat for Oslo- og Pariskonvensjonane og Bonnavtala (oljeforureining)
Interimsekretariat for Ramsarkonvensjonen (vern av våtmarker)
Konvensjonen om internasjonal handel med truga arter (CITES)
Konvensjonen om trekkjande arter av ville dyr (Bonnkonvensjonen)
Konvensjonen om vern av ozonlaget (Wienkonvensjonen)
Protokoll om stoff som reduserer ozonlaget (Montrealprotokollen).
Den nord-atlantiske laksevernorganisasjonen (NASCO)
Konvensjonen om biologisk mangfald (Biodiversitetskonvensjonen/CBD)
Internasjonalt studiesenter for bevaring og restaurering av kulturminnesmerke (ICCROM)
Det europeiske overvakingsprogrammet for langtransport av luftforureiningar (EMEP)
Konvensjonen om kontroll med grenseoverskridande transport av farleg avfall (Baselkonvensjonen)
Miljøverndepartementet sin del av det norske bidraget til grunnkapital i Det nordiske miljøfinansieringsselskapet (NEFCO)
Det europeiske miljøvernbyrået (EEA)
FN sitt klimapanel (IPCC)
FN sin Rammekonvensjon om klimaendringar (UNFCCC)
Stockholmkonvensjonen om persistente organiske sambindingar (POP)
Rotterdamkonvensjonen om notifikasjon og forhandssamtykke ved eksport av kjemikaliar
Århuskonvensjonen om miljøinformasjon
International Council of Monuments and Sites (ICOMOS)
Oppfølging og kontroll
Kontroll og oppfølging av organisasjonane skjer ved generell formaliakontroll av reviderte rekneskapar og årsrapportar, deltaking i generalforsamlingar, årsmøte og liknande.
Post 72 Miljøverntiltak i nordområda, kan overførast
Midlane under denne posten er retta mot resultatområde 8. Løyvinga er oppretta for å styrkje miljøvernkompetansen retta mot nordområda. Ordninga er ikkje open for søknad. Relevante tilskotsmottakarar blir tilskrivne.
A: Tilskot til drift av Polarmiljøsenteret A/S
Mål:
Målet med ordninga er utvikling av Polarmiljøsenteret A/S i Tromsø slik at selskapet kan løyse fellesoppgåver knytte til drifta av Polarmiljøsenteret på ein økonomisk og fagleg effektiv måte. Vidare skal selskapet ha som oppgåve å formidle informasjon om og profilering av Polarmiljøsenteret nasjonalt og internasjonalt.
Kriterium for måloppnåing:
Avtalte driftsoppgåver skal vere løyste på ein effektiv og god måte og vedteken budsjettramme skal vere overhalden. Vidare skal Polarmiljøsenteret AS ha profilert senteret i nasjonal og internasjonal samanheng.
Tildelingskriterium:
Realismen i budsjettforslag frå Polarmiljøsenteret A/S sett i forhold til oppgåvene selskapet skal løyse er det sentrale tildelingskriteriet. Innanfor denne budsjettramma vil det i tillegg bli lagt særleg vekt på graden av eigenfinansiering, og kvaliteten på og relevansen i føreslåtte aktivitetar for selskapet i budsjettåret.
Oppfølging og kontroll:
I tillegg til fagleg kontakt blir det motteke årsrapportar om gjennomførte aktivitetar og reviderte rekneskapsrapportar frå tilskotsmottakar. Kontroll skjer ved fagleg og generell formaliakontroll av årsrapport og rekneskap, ved kontroll av tilskotsmottakaren si faktiske etablering i senteret og ved at tre av departementet sine direktorat deltek i selskapet sitt styre.
Evaluering:
Det vil bli utført ei ekstern evaluering i 2005.
B: Tilskot til FoU-verksemd
Mål:
Målet med tilskotsordninga er å styrkje miljøvernkompetansen retta mot nordområda. Målgruppa for tilskotsordninga er samarbeidande forskingsinstitutt som er deltakarar i Polarmiljøsenteret.
Kriterium for måloppnåing:
Vi måler omfanget av og kvaliteten og relevansen i forskingsresultat framlagt i form av rapportar og artiklar i nasjonale og internasjonale tidsskrift.
Tildelingskriterium:
Vi legg vekt på Norsk Forskingsråds nøkkel for basistilskot til miljøinstitutta, fagleg relevans i forskingsprosjekta og samarbeidande fagmiljø.
Oppfølging og kontroll:
Forskingsinstitutta og andre som får tilskot rapporterer på talet FoU-prosjekt som er sette i verk og avslutta, mengda av publiserte og selde publikasjonar, under dette også ved internasjonal referee. Vidare blir det motteke årsrapportar med omsyn til det vitskapelege samarbeidet i senteret og reviderte rekneskapsoversikter for tilskota. Kontroll skjer ved fagleg gjennomgang og generell formaliakontroll av dei innsende rapportane.
Evaluering:
Det vil bli utført ei ekstern evaluering i 2005.
Post 73 Tilskot til kompetanseformidling og informasjon om miljøvennleg produksjon og forbruk, kan overførast
Midlane under denne posten er retta mot resultatområde 6, 7, 9 og 11.
Mål
Målet med tilskotsordninga er å påverke produksjons- og forbruksmønsteret ved å byggje opp og formidle kompetanse om miljøvennleg produksjon og forbruk, og stimulere til berekraftig praksis i næringsliv, hushald og offentleg verksemd.
Ordninga vil i 2005 omfatte:
Drifts- og prosjekttilskot til Stiftelsen for berekraftig produksjon og forbruk, GRIP Senter, som skal utvikle og formidle metodar, verktøy og informasjon som hjelper, motiverer og gjer det enklare for private og offentlege verksemder å bli meir miljøeffektive, og auke verdiskapinga med redusert ressursbruk og miljøbelastning
Drifts- og prosjekttilskot til Grønn Hverdag – Miljøheimevernet. Verksemda skal gjennom praktiske råd og løysingsforslag påverke bl.a. forbrukarane til meir miljøvennleg åtferd
Drifts- og prosjekttilskot til Stiftelsen Idébanken. Stiftelsen har som formål å fremje og formidle praktiske, lokale forsøk på å realisere ei berekraftig utvikling og gjere synleg det lokale handlingsrommet som finst
Driftstilskot til stiftinga Miljømerking i Noreg, som skal stimulere næringslivet si satsing på å utvikle meir miljøvennlege produkt og stimulere forbrukarane til val av desse (ordninga er nærare omtalt i Barne- og familiedepartementet sin budsjettproposisjon)
Det er avsatt tilskott til miljøstiftelsen Bellona. Tilskotet blir gitt på grunnlag av søknad for arbeid med innsamling, samanstilling og formidling av kunnskap om meir miljøvennleg energi- og miljøteknologi
Prosjekttilskot til LOOP, ei stifting som arbeider med å gi meir heilskapleg og samordna informasjon til næringsliv, kommunar og forbrukarar om handtering av alle typar avfall, under dette spesialavfall
Driftstilskot til Stiftelsen Miljøfyrtårn, skal medverke til å motivere kommunar og lokalt næringsliv til å bli meir miljøeffektive
Drifts- og prosjekttilskot m.m. til ORIO-programmet for auka gjenvinning av våtorganisk avfall og slam
Driftstilskot til prosjektet «07-06-05-Tid for forandring» som skal skape auka oppslutning om miljøvernarbeidet blant anna ved hjelp av nye kommunikasjonsmåtar som kan nå nye målgrupper.
Tilskotet til Miljøfyrtårn blir redusert, og ORIO-programmet vil få vesentleg mindre tilskot enn tidlegare år. Tilskot til Miljøfyrtårn skulle ha vore avslutta, men det blir gitt tilskot i 2005 for å lette overgangen frå program til stiftelse. Tilskot til ORIO-programmet skulle i utgangspunktet avsluttast inneverande år, men det blir også i 2005 gitt noko tilskot med sikte på at relevante aktørar syter for ei vidareføring av programmet.
Kriterium for måloppnåing
I tillegg til det overordna målet for tilskotsposten er det utarbeidd meir konkrete arbeidsmål for dei enkelte verksemdene som mottek støtte. Desse måla går fram av tilsegnsbrevet til den enkelte verksemda. Ved å ta utgangspunkt i tiltak, aktivitetar og prosjekt som har vore gjennomførte, skal verksemdene gjere greie for effektane av dette og knyte det til fastsette arbeidsmål, relevante nasjonale miljømål og mål for berekraftig utvikling nedfelt i Nasjonal Agenda 21.
Miljøverndepartementet arbeider kontinuerleg for å betre opplegget for resultatrapportering frå verksemdene og gjere dette meir systematisk og straumlinjeforma. For betre å kunne dokumentere og synleggjere effektane av arbeidet til verksemdene er det i 2004 sett i gang eit arbeid for å utarbeide føremålstenlege indikatorar/suksesskriterium for kvar enkelt verksemd.
Tildelingskriterium
Tildeling av midlar er basert på verksemda sine resultat frå føregåande år og ein konkret søknad om midlar for kommande periode, sett opp mot prioriterte nasjonale miljø- og berekraftsmål.
Oppfølging og kontroll
Drifts- og prosjekttilskota blir følgde opp gjennom krav som blir fastsette i det enkelte tilsegnsbrev. Det blir motteke årsrapport og/eller rekneskapsoversikt for alle tilsegner, i tillegg til at det er fagleg kontakt med dei enkelte tilskotsmottakarane.
Evaluering
Det vart i 2003 gjennomført ei evaluering av tilskotsordninga. Resultat av evalueringa vart presentert i St.prp. nr. 1 (2003–2004).
Post 74 Tilskot til AMAP, kan overførast
Løyvinga medverkar til å oppnå måla på resultatområde 8.
Mål
Dette er ei internasjonal forplikting Noreg har påteke seg, og målet med løyvinga er å sikre vidareføring av programmet for arktisk miljøovervaking (AMAP) gjennom tilskot til drift av stiftinga AMAP.
Stiftinga AMAP vart oppretta av Miljøverndepartementet 24. juni 1997. Det internasjonale miljøvernsamarbeidet under den arktiske miljøvernstrategien (AEPS) tok sikte på å redusere negative miljøverknader av den aukande økonomiske aktiviteten i området. AEPS-samarbeidet er no integrert i det breiare samarbeidet i Arktisk Råd. Miljøovervakingsprogrammet AMAP utgjer den viktigaste delen av samarbeidet.
Oppfølging og kontroll
Det blir motteke årsrapportar og reviderte rekneskapsoversikter. I tillegg er det fagleg kontakt med stiftelsen.
Post 75 Miljøvennleg byutvikling, kan overførast
Tilskotsordninga vart oppretta i samband med behandlinga av St.prp. nr. 84 (2000-2001) og vil bli ført vidare som oppfølging av St.meld. nr. 23 (2001–2002) om betre miljø i byar og tettstader. Midlane er knytt til konkrete prosjekt som i hovudsak er retta mot resultatområde 9 Regional planlegging, men òg resultatområda 1 Berekraftig bruk og vern av biologisk mangfald, 2 Friluftsliv, 3 Kultur og kulturmiljø og 7 Klima, luftforureining og støy. Posten er auka med 2 mill. kroner for å styrkje arbeidet med miljøsoner i Groruddalen, Oslo.
Mål
Formålet med ordninga er å utvikle og stimulere til nye løysingar som fremjar miljøvennleg byutvikling og byforvaltning. Dette gjeld både tiltak i miljøbelasta område i byane, og nye samarbeidsformer innan arbeidsfelt med mange aktørar og ikkje avklarte ansvarsforhold.
Som oppfølging av St.meld. nr. 23 (2001-2002) har staten invitert 12 byar til pilotprosjekt der offentlege etatar, næringsliv og bebuarorganisasjonar går saman om å utprøve nye løysingar. Dette gjeld etablering av såkalla miljøsoner, der tiltak som kan gi reinare luft, mindre støy, betre trafikktryggleik, tilgjenge til grøntområde og betre kulturmiljø blir sett samla innanfor eit avgrensa område. Andre pilotprosjekt er omforming av gamle byområde, planlegging, drift og vedlikehald av sentrumsområde og samarbeid med næringslivet om miljøvennlege arbeids- og tenestereiser.
Midlane blir nytta bl.a. i Groruddalen i Oslo, som er eit av pilotprosjekta der fleire tiltak blir prøvde ut samla for å betre miljøet i dalen. Midlane blir òg nytta til nettverks- og kompetansebygging i eit program for utvikling av miljøvennlege og attraktive tettstader i distrikta, som går inn i sitt siste år i 2005.
Kriterium for måloppnåing
Arbeidet skal føre fram til konkrete planar, fysiske resultat og nye samarbeidsformer på dei prioriterte områda. Resultata skal ha overføringsverdi og kunne formidlast til andre byar og tettstader som står overfor tilsvarande miljøutfordringar.
Tildelingskriterium
Tildeling vil skje på grunnlag av søknader frå dei partane som deltek i pilotprosjekta. Eigenandel er ein føresetnad.
Oppfølging og kontroll
Dei tiltaka som blir sette i gang blir følgde opp løpande både fagleg og økonomisk. Det blir kravd fagrapportar og rekneskapsrapportar av tilskotsmottakar etter avslutta prosjekt. Kontrollen skjer ved generell formalia- og sannsynskontroll av rapportar og rekneskapar.
Evalueringar
Det vil bli sett i gang forskingsbasert evaluering av tiltak som er sette i verk, og resultata frå evalueringa vil bli nytta i det vidare bypolitiske arbeidet lokalt, nasjonalt og internasjonalt.
Post 76 Støtte til nasjonale og internasjonale miljøtiltak, kan overførast
Midlane under denne posten gjeld resultatområda 7 og 8.
Mål
Målet med ordninga er å styrkje arbeidet med miljøspørsmål som er særs viktige for Noreg, og å få gjennomslag for norske miljøvernpolitiske prioriteringar internasjonalt. Ordninga skal òg medverke til at Noreg gjennom nasjonale tiltak oppfyller sine internasjonale plikter når det gjeld klimaendringar, stoff som bryt ned ozonlaget og grenseoverskridande luftforureiningar. Tilskotsordninga blir kunngjort i eit eige rundskriv frå Miljøverndepartementet om alle departementet sine tilskotsordningar.
Kriterium for måloppnåing
Dette er ein post som gir tilskot til forskjellige private organisasjonar og det blir utforma konkrete mål i kvart tilsegnsbrev.
Tildelingskriterium
Tildeling av midlar er basert på kva resultat departementet ønskjer å oppnå i det internasjonale miljøvernsamarbeidet, eller plikter Noreg må innfri gjennom nasjonale tiltak.
Oppfølging og kontroll
Årsrapportar og reviderte rekneskapar frå frivillige organisasjonar og rekneskapar for andre gjennomførte prosjekt dannar grunnlaget for ein generell formaliakontroll.
Post 77 Oppfylling av garantiansvar for miljøvernlån
Ordninga vart avvikla frå og med 1991. I 1991 vart det innført ei ny ordning med statsgaranterte miljøvernlån for investeringar i tiltak innan gjenvinning, spesialavfall og miljøteknologi i industrien. Denne vart avvikla frå og med 1997.
Låna er sikra mot pant eller med tilsvarande sikring, f.eks. negativ pantstillingserklæring. I tilfelle gjeldssaneringar, konkursar o.a. blir staten sitt garantiansvar effektivt når den sikringa som er etablert ikkje eller berre delvis gir dekning for miljøvernlåna. Det årlege behovet for løyvingar kan ikkje fastsetjast, og forslag til løyving er ikkje oppført. Posten blir nytta til å innfri garantiar som er gitt i samsvar med tidlegare garantifullmakt. For at dette skal kunne skje på ein praktisk måte, og for at staten ikkje skal pådra seg unødige rentekostnader, har departementet fullmakt til å utgiftsføre utan løyving fastslåtte tap under føresetnad av at det så snart det er føremålstenleg blir fremja forslag til løyving for Stortinget. Denne fullmakta blir føreslått ført vidare i 2005, jf. Forslag til vedtak III. Det var eit tap på 19,4 mill. kroner på ordningane i 2003. Garantiansvaret for dei tre ordningane som er avvikla, men der staten framleis sit med garantiansvar, er samla sett redusert frå om lag 111 mill. kroner per 31. desember 2002 til om lag 46 mill. kroner ved utgangen av 2003.
Tabell 17.2 Garantifullmakter under kap. 1400 post 77
I Garanti for lån i SND | (i 1000 kr) | |
---|---|---|
a) | Tap i 2003 | 660 |
b) | Garantiansvar 31.12.03 | 14 502 |
c) | Fullmakt, nye tilsegner i 2004 | 0 |
d) | Forslag til fullmakt, nye tilsegner i 2005 | 0 |
e) | Totalramme i 2005 | 14 502 |
II Garanti frå SND til andre private kredittinstitusjonar på vegner av staten
(i 1000 kr) | ||
a) | Tap i 2003 | 0 |
b) | Garantiansvar 31.12.03 | 495 |
c) | Fullmakt, nye tilsegner i 2004 | 0 |
d) | Forslag til fullmakt, nye tilsegner i 2005 | 0 |
e) | Totalramme i 2005 | 495 |
III Statsgaranterte lån i private kredittinstitusjonar og SND
(i 1000 kr) | ||
a) | Tap i 2003 | 18 700 |
b) | Garantiansvar 31.12.03 | 31 277 |
c) | Fullmakt, nye tilsegner i 2004 | 0 |
d) | Forslag til fullmakt, nye tilsegner i 2005 | 0 |
e) | Totalramme i 2005 | 31 277 |
Post 78 Miljøtiltak til nikkelverka på Kola, kan overførast, kan nyttast under post 21
Løyvinga og tilsegnsfullmakta under denne posten gjeld resultatområde 8. Under behandlinga av St.prp. 84 (2000-2001) slutta Stortinget seg til at Noreg løyver inntil 270 mill. kroner til modernisering av nikkelverket i Petsjenga på Kolahalvøya. Midlane skal òg dekkje kostnadane ved forvaltning av tilskotet. Føresetnaden for tilskotet er at det blir ein vesentleg reduksjon i utsleppa av SO2, tungmetall og støv frå anlegga, og at det vart gitt skatte- og avgiftsfritak på det norske bidraget. Under statsministeren sitt offisielle besøk i juni 2001 vart avtale om fritak på skattar og avgifter inngått. Den nordiske investeringsbanken (NIB) er engasjert til å forvalte tilskotet. Banken skal òg yte eit lån til prosjektet i same storleik som tilskotet. Avtalane om tilskot og lån mellom NIB og eigarselskapet til nikkelverka vart underteikna første halvår 2002, om lag eit halvt år etter planane, noko som forseinka prosjektet.
Moderniseringsprosjektet er tredelt. Det går ut på å byggje briketteringsanlegg i Zapoljarny og å byggje ny smelteomn og ny svovelsyrefabrikk i Nikel. Investeringane på ca. 93,5 mill. USD blir finansierte med tilskotet frå Noreg og eit tilskot frå Sverige på 3 mill. USD, medan resten blir dekt av lån frå NIB (30 mill. USD) og eigendel frå Norilsk Nikel-konsernet. Ombygginga starta i 2002, ca. eit halvt år forseinka. Bygginga av briketteringsanlegget i Zapoljarny går som planlagt. Norilsk Nikel-konsernet gjer i tillegg omfattande investeringar i gruvedrift, knusing og oppkonsentrering av malm i Zapoljarny. Dette er viktige investeringar for vidare drift av nikkelverket.
Det er venta ein reduksjon i utslepp av svoveldioksid, støv og tungmetall på minst 90 pst. når prosjektet er gjennomført. Dette vil gi merkbar betring av helse og miljø lokalt og for miljøet i Finnmark.
Prosjektet har blitt seinka med ytterlegare 1,5 år i forhold til tidlegare planlagt ferdigstilling som var innan utgangen av 2006. Hovudgrunnen til dette var vanskar med handteringa av dei store mengdene med svovelsyre som vil bli produserte; bl.a. vart det vurdert å nytte ein alternativ teknologi som reduserer mengda av produsert svovelsyre. Dette er ein kjent teknologi som òg var eit alternativ tidlegare i planleggingsprosessen, og som ikkje vil påverke utsleppsreduksjonane. NIB har no opplyst at vurderingane er avslutta og at prosjektet held fram med bruk av den opphavlege teknologien. Norilsk Nikel –konsernet vil for eiga rekning bygge eit pilotanlegg av smelteovner i Montchegorsk. Dette vil sikre at den nye smelteovnen i Nikel møter dei miljøkrava Noreg har sett. Pga. seinkinga i framdrifta av prosjektet ser det ikkje ut til å vere behov for ny løyving til prosjektet i 2005. Regjeringa foreslår derfor inga løyving i 2005 på posten.
Det er avsett 0,7 mill. kroner under kap. 1400 post 21 til å dekkje utgifter ved forvaltning av tilskotet i 2005.
Rest på tilsegnsfullmakta blir etter dette 141 mill. kroner, jf. Forslag til vedtak VI.
Post 79 Den nordiske verdsarvstiftelsen
Posten er ny og midlane vart før budsjetterte på kap. 1429 Riksantikvaren post 76. Midlane dekkjer tilskot til Den nordiske verdsarvstiftelsen (Nordic World Heritage Foundation, NWHF) gjennom ei grunnløyving på 3,5 mill. kroner.
Mål
Målet med løyvinga er å styrkje oppfølginga av verdsarvskonvensjonen til UNESCO. Den nordiske verdsarvstiftelsen skal bl.a. fungere som eit knutepunkt for den samla innsatsen frå dei nordiske landa på området, tilby teknisk ekspertise, spreie informasjon og medverke til nyskapande prosjekt, reise midlar og tilby assistanse til utviklingsland.
Oppfølging og kontroll
Det blir motteke årsrapportar og reviderte rekneskapsrapportar. Kontrollen skjer ved generell formalia- og sannsynskontroll.
Post 80 Tilskot til universell utforming og tilgjenge for alle, kan overførast, kan nyttast under post 21
Midlane til universell utforming er auka med 15 mill. kroner frå 2004 til 2005. Det er oppretta ein ny tilskotspost for å ivareta oppfølginga av St.meld. nr. 40 (2002-2003) Nedbygging av funksjonshemmende barrierer og Stortingets vedtak om ein handlingsplan for auka tilgjenge til transport, bygg, informasjon og andre viktige samfunnsområde. Planen er kalla Handlingsplan for universell utforming og er koordinert av Miljøverndepartementet i samarbeid med Arbeids- og sosialdepartementet.
Midlane er knytte til sektorovergripande tiltak i handlingsplanen og tiltak innan Miljøverndepartementet sitt resultatområde 1-3 og 7-11. Ettersom offentlege instansar vil ha ansvaret for å initiere enkelte av tiltaka, er det behov for at ein del av midlane kan nyttast under post 21.
Mål
Føremål med ordninga er å leggje strategien universell utforming til grunn for å oppnå auka tilgjenge for alle til viktige samfunnsområde. Ordninga skal stimulere til nye løysingar for at produkt, byggverk og uteområde blir utforma slik at alle, utan omsyn til ulik funksjonshemming, skal kunne nytte dei på ein likestilt måte, utan særskilte tilpassingar eller hjelpemiddel. Målgrupper er ulike forvaltningsnivå, offentlege og private instansar og organisasjonar. Enkelte tiltak vil bli knytte til internasjonalt samarbeid.
Kriterium for måloppnåing
I tillegg til det overordna målet for tilskotsposten, vil Statssekretærutvalet for den sameinte politikken for funksjonshemma (SSU) gi råd om innsatsen på dei ulike sektorområda. Dei ulike sektorområda fastset vidare eigne resultatmål. Det vil bli utarbeidd meir konkrete mål i oppfølging av handlingsplanen for dei enkelte verksemdene som mottek støtte.
Tildelingskriterium
Tildeling av midlar er basert på sektorane sitt ansvar innan prioriterte område for auka tilgjenge, som er fastsette i Handlingsplanen for universell utforming og auka tilgjenge, og søknadar om midlar for kommande periode, sett opp mot resultatmåla for universell utforming.
Oppfølging og kontroll
Dei tiltaka som blir sette i gang vil bli følgde opp fagleg og økonomisk. Det blir kravd fagrapportar eller annan dokumentasjon på gjennomførte tiltak og rekneskap av tilskotsmottakar. Sektorane sin sameinte innsats blir rapportert til SSU gjennom departementet sitt ansvar for koordineringa av innsatsområdet.
Evaluering
Handlingsplanen for universell utforming skal evaluerast. Evalueringa vil rette seg mot verknader ved gjennomføringa handlingsplanen innan ramma av styringsdokument og ordinære investerings- og tiltaksposter i statsbudsjettet.
Kap. 4400 Miljøverndepartementet (jf. kap. 1400)
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2003 | Saldert budsjett 2004 | Forslag 2005 |
02 | Ymse inntekter | 251 | 90 | 93 |
03 | Refusjon frå Utenriksdepartementet | 804 | 622 | 643 |
16 | Refusjon frå fødselspengar/adopsjonspengar | 1.781 | ||
18 | Refusjon av sjukepengar | 1.701 | ||
21 | Oppdragsinntekter | 1.366 | 713 | 737 |
Sum kap. 4400 | 5.902 | 1.425 | 1.473 |
Post 02 Ymse inntekter
Under denne posten fører departementet meir tilfeldige inntekter, bl.a. gebyr for parkering på området til Miljøverndepartementet. Meirinntekter under denne posten gir grunnlag for tilsvarande meirutgifter under kap. 1400 post 01, jf. Forslag til vedtak II nr. 1.
Post 03 Refusjon frå Utanriksdepartementet
Det er budsjettert med kr 643 000 i refusjon frå Utanriksdepartementet i samband med utgifter til medlemskap i Den internasjonale naturvernunionen (IUCN) som er utgiftsført over kap. 1400 post 71.
Post 21 Oppdragsinntekter
Midlane er i hovudsak refusjonar knytte til utgifter i samband med oppdrag innan miljøretta bistand. Eventuelle meirinntekter under denne posten gir grunnlag for tilsvarande meirutgifter under kap. 1400 post 21, jf. Forslag til vedtak II nr. 1.
Kap. 1410 Miljøvernforsking og miljøovervaking (jf. kap. 4410)
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2003 | Saldert budsjett 2004 | Forslag 2005 |
21 | Miljøovervaking og miljødata | 89.987 | 89.188 | 85.657 |
50 | Basisløyvingar til miljøforskingsinstitutta | 89.586 | 89.586 | 93.086 |
51 | Forskingsprogram m.m. | 125.468 | 120.018 | 116.518 |
52 | Rekrutteringsstipend til kvinnelege miljøvernforskarar | 200 | ||
53 | Internasjonalt samarbeid om miljøvernforsking | 5.000 | 5.000 | 5.000 |
60 | Kommunal overvaking og kartlegging av biologisk mangfald , kan overførast | 4.008 | ||
70 | Nasjonale oppgåver ved miljøforskingsinstitutta | 15.151 | 15.151 | 15.151 |
Sum kap. 1410 | 329.400 | 318.943 | 315.412 |
Kap. 1410 Miljøvernforsking og miljøovervaking gjeld basisløyvingar og andre tilskot til miljøforskingsinstitutta, forskingsprogram m.m., og miljøovervaking og miljødata. Kapitlet rettar seg mot alle resultatområde. Løyvingane til miljøvernforsking er totalt sett uendra i forhold til saldert budsjett 2004, mens midlane til miljøovervaking er reduserte med 3,5 mill. kroner. Midlane til miljøovervaking er retta mot alle resultatområda, unnteke resultatområde 10 Kart og geodata, og reduksjonen er fordelt jamt på alle desse. Pågåande aktivitetar skal skjermast i størst mogleg grad.
Post 21 Miljøovervaking og miljødata
Posten dekkjer utgifter til miljøovervaking og innhenting av data og miljøstatistikk knytte til dei miljøvernpolitiske resultatområda, under dette utgifter til resultatdokumentasjon og arbeidet med standardisering på miljøområdet. Posten dekkjer òg formidling av resultata som blir oppnådde, bl.a. utvikling og drift av Miljøstatus for Noreg på Internett. Midlar til overvaking av vilt- og fiskeressursar som kan haustast er dekte over andre postar på Miljøverndepartementet sitt budsjett.
Utgiftene er i hovudsak kjøp av varer og tenester frå forskingsinstitutt m. fl. som gjennomfører den praktiske innsamlinga og behandlinga av overvakingsdata.
Posten dekkjer bl.a. bidrag til artsdatabanken, det tverrsektorielle nasjonale programmet for kartlegging og overvaking av biomangfald, og overvaking av det som er att av fjellrevbestanden. (Ein viser til samla omtale av fjellreven under kap. 1427 Direktoratet for naturforvaltning.)
Vidare gir den kunnskap om miljøtilstanden og endringar i den, og er eit viktig grunnlag for å gjennomføre ein effektiv miljøvernpolitikk. Miljøovervaking og miljøstatistikk gir grunnlag for å vurdere i kva grad dei nasjonale miljømåla blir oppnådde, og kva miljø- og helseverknader ein oppnår med verkemiddelbruk og tiltak. Noreg pliktar gjennom ei rekkje internasjonale miljøvernavtaler å dokumentere utviklinga i miljøet og dei faktorane som påverkar miljøtilstanden, og deltek i ei rekkje internasjonale overvakingsprogram. Resultata frå desse programma er det viktigaste grunnlaget for revisjon av eksisterande internasjonale avtaler og etablering av nye.
Auka vektlegging av resultatoppfølging og sektoransvar i miljøvernpolitikken gjer det nødvendig med meir systematisk bruk av miljøstatistikk enn tidlegare. Samarbeidsavtala med Statistisk Sentralbyrå har gitt gode oversikter over eksisterande statistikk som kan nyttast i samanheng med miljøovervaking.
Mange endringar i miljøtilstanden skjer gradvis og over lang tid. For å få den nødvendige informasjonen må overvakingsprogramma derfor gå over fleire år.
Dette gjeld først og fremst område der det tidlegare har vore nødvendig å underbyggje argumenta for tiltak med eit godt kunnskapsunderlag, bl.a. utslepp av næringsstoff til vassdrag og fjordområde, sur nedbør og ozon. På andre område er overvakinga under utvikling for å kunne møte nye krav og ny kunnskap. Dette gjeld særleg innanfor biologisk mangfald, nye miljøgifter og kulturminne. I 2005 er det lagt opp til å vidareføre dette.
Post 50 Basisløyvingar til miljøforskingsinstitutta
Midlane under posten dekkjer dei fleste resultatområda. Løyvinga for 2005 er auka med 3,9 pst. i forhold til saldert budsjett 2004.
Det er viktig å sikre ei brei og god deltaking frå alle relevante forskingsmiljø i EUs rammeprogram for forsking. Forskingsrådet har sett i verk ei ordning med delfinansiering av eigendelen når institutta får tildelt prosjekt frå EU. Institutta høyrer inn under sektoransvaret til fleire departement. For 2005 foreslår Regjeringa ein auke på til saman 50 mill. kroner til delfinansiering av eigendelen ved EU-prosjekt i det sjette rammeprogrammet. Midlane blir løyvde over budsjetta til Nærings- og handelsdepartementet, Olje- og energidepartementet, Fiskeri- og kystdepartementet, Landbruks- og matdepartementet, Miljøverndepartementet og Samferdseldepartementet. I tillegg ligg det midlar til ordninga på budsjetta til Utdannings- og forskingsdepartementet og Nærings- og handelsdepartementet som er vidareførte frå 2004. Forskingsrådet skal forvalte desse midlane som ei felles ordning. 3,5 mill. kroner av løyvinga på posten skal Miljøverndepartementet nytta til denne ordninga i 2005.
Mål
Norsk institutt for by- og regionforsking (NIBR), Norsk institutt for luftforsking (NILU), Norsk institutt for naturforsking (NINA), Norsk institutt for kulturminneforsking (NIKU), Norsk institutt for vassforsking (NIVA), Senter for jordfagleg miljøforsking (Jordforsk) og Senter for klimaforsking (CICERO) er sentralinstitutt innan sine område av miljøvernforskinga. Dei skal fungere som nasjonale kompetansesenter og ha ei kunnskapsstrategisk rolle overfor miljøvernforvaltninga, og skal tilfredsstille samfunnet sitt behov for å løyse problem på kort og lang sikt innan sine område. NIBR, NILU, NINA, NIKU, NIVA og Jordforsk danna i 2001 selskapet Miljøalliansen AS, som skal medverke til auka verdiskaping og kunnskapsproduksjon i samfunnet.
Posten dekkjer basisløyvingar til miljøforskingsinstitutta, under dette ein del av basisløyvinga til JORDFORSK. Noregs forskingsråd gir råd om fordeling av midlane. Basisløyvingane blir kanaliserte gjennom Noregs forskingsråd. Basisløyvinga omfattar grunnløyving og løyving til strategiske instituttprogram, jf. resultatområde 11 i tabellen over resultatområde.
Oppfølging og kontroll
Det blir motteke årsrapportar og reviderte rekneskapsoversyn for løyvingane, og kontroll skjer ved generell formalia- og sannsynskontroll. For oppfølging av årsrapporten vil det bli halde møte med det enkelte institutt for drøftingar av miljøforvaltninga sine kunnskapsbehov. Noregs forskingsråd sin instituttpolitikk medfører at alle institutta skal evaluerast ca. kvart 6. år. Følgjande institutt er evaluerte: NILU (1997), NIVA (1998), JORDFORSK (1998), NIKU (1999) og NIBR (2001). Ei samla vurdering av felles problem og samarbeidsområde mellom desse institutta var ferdig hausten 1999. Det vart bl.a. konkludert med at basisløyvinga har ein ikkje ubetydeleg innverknad på institutta si kompetanseutvikling. Grunnløyvinga er framleis eit sentralt verkemiddel for å sikre nødvendig kunnskapsbasis til å utvikle sentrale fagområde som ein ventar vil vere av verdi for forvaltninga. CICERO vart evaluert i 2000.
Post 51 Forskingsprogram m.m.
Posten er redusert med 3,5 mill. kroner i forhold til saldert budsjett 2004. Midlane under posten er retta mot forskingsprogram innafor alle resultatområde, unnateke resultatområde 10 Kart og geodata, og reduksjonen er lagt til resultatområde 5 Helse- og miljøfarlege kjemikaliar og resultatområde 7 Klimaendringar, luftforureining og støy. Pågåande aktivitetar skal skjermast i størst mogleg grad.
Mål
Mål for miljøvernforskinga er å medverke til å styrkje kunnskapsgrunnlaget for eit effektivt miljøvernarbeid og for ei berekraftig ressursforvaltning og samfunnsplanlegging. Miljøvernforskinga skal gi eit godt kunnskapsunderlag for nasjonale forvaltningsoppgåver, for avgjerder i politikkutforming og som grunnlag for internasjonalt miljøvernsamarbeid.
Hovudvekta er lagt på forsking innan klimaendringar, inkl. forsking på biologiske og samfunnsvise effektar av klimaendringar. Marin forsking og forsking innan biologisk mangfald og helse- og miljøfarlege kjemikaliar blir òg prioritert. I 2004 vart 13 forskingsprogram finansierte over Miljøverndepartementet sitt budsjett, og alle var samfinansierte, hovudsakleg med midlar frå budsjetta til andre departement. Forsking er eit viktig verkemiddel og er derfor nærare omtalt under dei enkelte resultatområda. Det blir framleis arbeidd for å betre integreringa av miljøvernforsking i alle relevante delar av verksemda innan Noregs forskingsråd.
Oppfølging og kontroll
Det blir motteke årsrapportar frå Noregs forskingsråd som er utarbeidde på bakgrunn av innspel frå programstyra. I tillegg er representantar frå miljøvernforvaltninga valde inn i programstyre.
Post 53 Internasjonalt samarbeid om miljøvernforsking
Mål
Tilskotet er kontingent for medlemskap i International Institute for Applied Systems Analysis (IIASA).
Oppfølging og kontroll
Kontingenten blir overført Noregs forskingsråd som tek vare på den norske medlemskapen.
Post 60 Kommunal overvaking og kartlegging av biologisk mangfald, kan overførast
Posten er lagt ned i statsbudsjettet for 2004, og midlane er i all hovudsak overførte til rammetilskotet til kommunane under Kommunal- og regionaldepartementet.
Post 70 Nasjonale oppgåver ved miljøforskingsinstitutta
Mål
Målet er å syte for at alle miljøinstitutta har ressursar til fagleg rådgjeving til miljøvernforvaltninga, til deltaking og fagleg støtte for miljøvernforvaltninga i internasjonale organ ved behov, informasjons- og opplysningsarbeid overfor forvaltning, næringsliv og publikum, kvalitetssikring av data, etablering og vedlikehald av relevante nasjonale databasar og bibliotekfunksjonar m.m.
Oppfølging og kontroll
Det blir motteke reviderte rekneskapsoversyn for løyvingane, og kontroll skjer ved generell formalia- og sannsynskontroll. Det skal haldast årlege møte med kvart enkelt institutt for drøftingar av dei nasjonale oppgåvene.
Kap. 4410 Miljøvernforsking og miljøovervaking (jf. kap. 1410)
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2003 | Saldert budsjett 2004 | Forslag 2005 |
50 | Refusjon frå diverse fond | 4.000 | 4.000 | 4.000 |
Sum kap. 4410 | 4.000 | 4.000 | 4.000 |
Beløpet gjeld den delen av basisløyvinga til NINA som er finansiert av inntektene til Viltfondet og Statens fiskefond. Ein viser til omtale under kap. 4425 under programkategori 12.20.
Programkategori 12.20 Biomangfald og friluftsliv
Regjeringa prioriterer høgt å ta vare på norsk natur. Dei siste hundre åra er villmarksprega område (minst 5 km frå nyare tekniske inngrep) i Noreg redusert frå omkring halvparten av landarealet til 12 pst. og til berre 5 pst. i Sør-Noreg. For å verne om dei villmarksområda som er att for kommande generasjonar, vil Regjeringa fortsetje det intensiverte arbeidet med å gjennomføre nasjonalparkplanen. Sidan tiltredinga i 2001 har Regjeringa oppretta i alt 321 verneområde på til saman 7 840 km2. I løpet av 2005 er følgjande verneplanar planlagt gjennomførte innanfor nasjonalparkplanen: Varangerhalvøya, Reinheimen, Øvre Dividal (utviding av nasjonalpark), Naustdal/Gjengedal, Folgefonna, Hallingskarvet, Sørdalen/Isdalen, Visten/Lomsdal, Hyllingsdalen og Sylane. Nye nasjonalparksenter vil bli oppretta, og forvaltnings- og skjøtselstiltak i nasjonalparkane vil bli prioriterte.
I 2005 er det planlagt vernevedtak for alle gjenståande tematiske fylkesvise verneplanar, med unntak av verneplan for myr i Finnmark og verneplan for edellauvskog i Sogn og Fjordane som er planlagt vedtekne i 2006. Med dette har ein nådd målet i St.meld. nr. 68 (1980-81) om gjennomføring av fylkesvise, tematiske verneplanar for tema edellauvskog, myr, våtmark og sjøfugllokalitetar – totalt 70 verneplanar.
I 2005 er dei første vernevedtaka planlagt i samband med frivillig vern av skog. Dette gjeld pilotprosjektet med Skogeigarforbundet. Det vil òg bli gjennomført vernevedtak for gjenståande område som hadde meldeplikt fram til 1. august 2003. Vernesaka for Trillemarka Rollag-Østfjell i Buskerud skal førast vidare. Vidare er det planlagt utviding av to verneområde i Østfold i samband med salet av Saugbruksskogane. I 2005 vil ein òg fatte dei første vernevedtaka i samband med utvida skogvern på Statsskog sitt areal, og vurdere utvida vern på statleg eigedom på Songli i Sør-Trøndelag.
Det er viktig å verne om det biologiske mangfaldet. Av dei ca. 14 500 artene totalt i Noreg er 20 pst. raudlista. Omlag 45 pst. av desse er knytte til skog, 30 pst. til kulturlandskap, 20 pst. til ferskvatn og våtmark/myr, 7 pst. til kyst og 3 pst. til fjell.
Regjeringa vil halde fram med å styrkje arbeidet med å ta vare på dei ville laksestammene. I løpet av dei to siste åra er løyvingane til kamp mot lakseparasitten Gyrodactylus salarisnesten tredobla, og innsatsen vil bli ytterlegare styrkt i 2005. Andre bevaringstiltak, forsking og overvaking er òg prioriterte. Ordninga med nasjonale laksevassdrag og laksefjordar vil bli ferdigstilt mot slutten av 2005. Direktoratet for naturforvaltning har utarbeidd forslag til eit program for overvaking og evaluering av ordninga.
Arbeidet med å redde fjellreven frå utrydding vil framleis bli prioritert. Det blir arbeidd med eit prosjekt for innfanging og avl av fjellrev for seinare utsetjing i naturen. Eit forsøk med raudrevkontroll er sett i verk på Varangerhalvøya. I tillegg blir det drive nødvendig overvaking av fjellreven.
Regjeringa tek sikte på ei opptrapping av innsatsen for friluftslivet. Friluftslivets år blir arrangert i 2005, og det vil bli stor merksemd om friluftsliv som ein viktig del av norsk veremåte og identitet. Målgruppene vil særleg vere barn og unge og dei funksjonshemma. Regjeringa legg vekt på å betre tilgjenget for allmenta til friluftsområde i strandsona og i nærleiken av byar og tettstader.
Utgifter under programkategori 12.20 fordelte på kapittel
(i 1 000 kr) | |||||
---|---|---|---|---|---|
Kap. | Nemning | Rekneskap 2003 | Saldert budsjett 2004 | Forslag 2005 | Pst. endr. 04/05 |
1425 | Vilt- og fisketiltak (jf. kap. 4425) | 62.648 | 67.500 | 70.200 | 4,0 |
1426 | Statens naturoppsyn (jf. kap. 4426) | 87.300 | 92.545 | 100.656 | 8,8 |
1427 | Direktoratet for naturforvaltning (jf. kap. 4427) | 436.904 | 514.423 | 517.772 | 0,7 |
Sum kategori 12.20 | 586.851 | 674.468 | 688.628 | 2,1 |
Utgiftene under programkategori 12.20 gjeld i hovudsak tre resultatområde; 1 Berekraftig bruk og vern av biologisk mangfald, 2 Friluftsliv og 11 Områdeovergripande verkemiddel og fellesoppgåver. Det blir vist til innleiinga i del 2 der det blir gjort greie for budsjettvise endringar i 2005 innanfor dei ulike resultatområda.
Kap. 1425 Vilt- og fisketiltak (jf. kap. 4425)
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2003 | Saldert budsjett 2004 | Forslag 2005 |
01 | Driftsutgifter | 25.480 | 28.365 | 26.865 |
61 | Tilskot til kommunale vilttiltak , kan overførast | 5.235 | 6.000 | 5.500 |
70 | Tilskot til fiskeformål , kan overførast | 4.806 | 5.000 | 8.500 |
71 | Tilskot til viltformål , kan overførast | 27.126 | 28.135 | 29.335 |
Sum kap. 1425 | 62.648 | 67.500 | 70.200 |
Kap. 1425 Vilt- og fisketiltak omfattar utgifter til vilt- og fisketiltak og delar av vilt- og fiskeforvaltninga. Midlane under kap. 1425 er hovudsakleg retta mot resultatområde 1 Berekraftig bruk og vern av biologisk mangfald, men har samtidig eit klart innslag av tilrettelegging for friluftsliv i form av jakt og fiske, jf. resultatområde 2 Friluftsliv.
Utgiftene over kap. 1425 er finansierte ved avgifter på jakt og fiske, og motsvarer inntekter over kap. 4425 Refusjonar frå Viltfondet og Statens fiskefond. Samla sett er utgiftene auka med 2,7 mill. kroner i høve til 2004. For nærare utgreiing om avgiftene og forholdet mellom kap. 4425, 1425 og inntektene til fonda, viser vi til omtale under kap. 4425.
Lønn og godtgjersler til fast tilsette innan det statlege verksemdsområdet blir ikkje dekte over kap. 1425, men over kap. 1427 Direktoratet for naturforvaltning og kap. 1510 Fylkesmannsembeta.
Både løyvingsforslaga under tilskotspostane og store delar av løyvingsforslaget under post 01 går til formål som er viktige for den lokale vilt- og fiskeforvaltninga.
I 2004 blir bruken av fondsmidlane gjennomgått i samarbeid med representantar for brukarinteressene. Føremålet med gjennomgangen er å sikre at midlane blir nytta på ein kostnadseffektiv måte i forhold til måla innan vilt- og fiskeforvaltninga. Dette må sjåast i nær samanheng med det strategiske arbeidet for å styrkje den lokale vilt- og fiskeforvaltninga basert på bl.a. driftsplanar. Endringane vil gi grunnlag for enklare rollefordeling mellom forvaltningsnivåa og eit tettare samarbeid mellom den statlege forvaltninga, kommunane, rettshavarane og interesseorganisasjonane om bruken av fondsmidlane.
Post 01 Driftsutgifter
Midlane under posten er i hovudsak retta mot resultatområde 1 Berekraftig bruk og vern av biologisk mangfald.
Løyvinga skal dekkje utgifter til faglege prosjekt og utgreiingar som grunnlag for konkrete forvaltningstiltak, og administrative kostnader knytte til desse prosjekta. Midlane skal nyttast til å leggje til rette for ei langsiktig og berekraftig utnytting av vilt- og fiskeressursane og allmenta sin tilgang til desse. Posten dekkjer utgifter til fallvilt og drift av villreinnemndene. Midlane dekkjer òg utgifter til lønn og godtgjersler for mellombels tilsette knytte til gjennomføringa av prosjekt og spesielle utgreiingar o.a.. I tillegg dekkjer midlane utgifter til saksførebuing, forvaltning av tilskotspostane over kap. 1425, og fondsforvaltninga av Viltfondet og Statens fiskefond med 4,5 mill. kroner. Dette er i samsvar med ein fleirårig praksis. Desse utgiftene blir førte ut av posten og inntektsførte på kap. 4427 post 01 som korresponderer med utgifter over kap. 1427 post 01, jf. Forslag til vedtak II nr. 1.
Posten er redusert med 1,5 mill. kroner for å prioritere ressursane over på tiltakspostane.
Post 61 Tilskot til kommunale vilttiltak, kan overførast
Tilskotsordninga er retta mot resultatområde 1 Berekraftig bruk og vern av biologisk mangfald. I budsjettet for 2005 blir det gjort framlegg om ein reduksjon i løyvinga på 0,5 mill. kroner. Reduksjonen er bl.a. gjort for å få fleire midlar til post 71 Tilskot til viltformål.
Mål
Målet med tilskotsordninga er å medverke til å gjennomføre ei berekraftig viltforvaltning i kommunane.
Posten skal dekkje utgifter til tiltak innan den lokale viltforvaltninga. Kommunane skal i utgangspunktet sjølve dekkje dei administrative kostnadene sine til viltarbeidet, jf. Ot.prp. nr. 37 (1999-2000) Om lov om endring i viltloven. Det er likevel nødvendig i ein overgangsperiode å føre vidare høvet til å stimulere og styrkje kommunale viltforvaltningstiltak.
Posten skal berre dekkje delar av dei kommunale utgiftene til tiltak, etter at fellingsavgifter for elg og hjort blir kravde inn av kommunen og inngår i kommunale viltfond.
Tildelingskriterium
Tildeling skjer på bakgrunn av søknader og melde behov frå kommunane. Fylkesmannen tildeler midlar til kommunane i tråd med regionalt prioriterte tiltak. Ved tildelinga legg ein serleg vekt på kommunar som sjølve har eit avgrensa inntektsgrunnlag gjennom fellingsavgiftene, dvs. kommunar som har små bestandar av hjortevilt, og der dei kommunale viltfonda bør få tilført midlar til prioriterte tiltak via denne tilskotsposten. Det kan gis tilskot til kartlegging av viltressursane og viltinteressene i kommunane, innarbeiding av viltinteressene i kommunale planar, oppretting og drift av driftsplanområde, deltaking i rettshavarane sitt driftsplanarbeid, delfinansiering av kompetansegivande etter- og vidareutdanning i viltforvaltning og andre oppgåver som følgjer av kommunane si mynde etter viltlova. Det kan ikkje ytast tilskot til å dekkje administrative kostnader i kommunane. Det skal særleg leggjast vekt på å styrkje interkommunale fellesprosjekt som omfattar kommuneovergripande viltbestandar. Ein del av midlane på posten blir disponert til felles tiltak for kommunane, under dette kjøp av tenester i hjorteviltregisteret og hjortesenteret på Svanøy.
Oppfølging og kontroll
Resultatkontroll og oppfølging skjer gjennom generell formalia- og sannsynskontroll av rapportar frå tilskotsmottakarane.
Post 70 Tilskot til fiskeformål, kan overførast
Tilskotsordninga er retta mot resultatområda 1 Berekraftig bruk og vern av biologisk mangfald og resultatområde 2 Friluftsliv. Løyvinga skal gå til både å dekkje lokalt og sentralt styrte tiltak. Ordninga blir foreslått styrkt med 3,5 mill. kroner i 2005 som følgje av justeringar i fiskaravgifta og oppspart kapital i Statens fiskefond. Ein viser til nærare omtale under kap. 4425 post 52.
Mål
Målet med tilskotsordninga er å medverke til forvalting og tiltak knytte til berekraftig bruk av utnyttelege bestandar av anadrom laksefisk, til beste for fiskarar og rettshavarar.
Tildelingskriterium
Tilskot blir gitt tiltak i regi av lag og organisasjonar etter søknad. Det kan gis tilskot til investeringar, spesielle driftsutgifter til fiskefremjande formål, anvend forsking og overvaking. Det kan òg gis tilskot til tiltak direkte retta mot rekruttering eller stimulering til fiske etter laks.
Oppfølging og kontroll
Resultatkontroll og oppfølging skjer ved at tilskotsmottakarane leverer sluttrapportar og -rekneskap og eventuelt framdriftsrapportar med rekneskap. Det blir gjort ein generell formalia- og sannsynskontroll av rapportane og rekneskapane. Tilskot til FoU blir kontrollerte spesielt i forhold til dei forventningane som er gitt i tilsegna eller kontrakten.
Post 71 Tilskot til viltformål, kan overførast
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Underpost | Nemning | Rekneskap 2003 | Saldert budsjett 2004 | Forslag 2005 |
71.1 | Hjortevilttiltak | 6.894 | 7.000 | 7.000 |
71.2 | Villreintiltak | 2.083 | 1.700 | 2.200 |
71.3 | Lokale vilttiltak m.v. | 11.871 | 13.435 | 14.135 |
71.4 | Viltovervaking | 6.278 | 6.000 | 6.000 |
Sum post 71 | 27.126 | 28.135 | 29.335 |
Midlane under posten er retta mot resultatområde 1 Berekraftig bruk og vern av biologisk mangfald. I 2004-budsjettet vart posten auka med 2,5 mill. kroner. Ein gjer framlegg om å auke posten med ytterlegare 1,2 mill. kroner i 2005 til styrking av villreintiltak, jf. underpost 2, og lokale vilttiltak, jf. underpost 3.
Mål
Målet for tilskotsordninga er å medverke til å gjennomføre oppgåver innan viltforvaltninga og tiltak i regi av enkeltpersonar, lag og organisasjonar der tiltaket har ein regional, interkommunal eller nasjonal karakter.
Etter endringane i viltlova i 2001, krev kommunane inn og disponerer fellingsavgiftene for elg og hjort som ein del av eit kommunalt viltfond. Det er derfor føresett at søknader om tilskot til tiltak som har reint kommunal karakter blir viste til dei kommunale viltfonda som er finansierte med fellingsavgifter, midlar frå post 61, og eventuelt eigne kommunale midlar. Tiltak av regional karakter er føresett ivaretekne ved at fylkesmennene forvaltar delar av løyvinga etter tildeling frå Direktoratet for naturforvaltning.
Tildelingskriterium
På bakgrunn av søknader innanfor prioriterte satsingsområde tildeler fylkesmannen tilskot til tiltak som kan stimulere til regionale utviklingsoppgåver, og som støttar opp om kommunale og interkommunale prioriterte tiltak, under dette tiltak som stimulerer til eit større engasjement i arbeidet med driftsplanar blant rettshavarane, og som støttar opp under betre tilrettelegging av jakttilhøva for allmenta.
Tiltak som kan gis tilskot er kartlegging av viltressursane/viltet sine leveområde, kartlegging av viltinteressene i kommunar og regionar, innarbeiding av viltet sine leveområde og viltinteressene i kommunale planar etter plan- og bygningslova, kartlegging og iverksetjing av tiltak med formål å betre bestandsoversyn, oppretting og drift av lokale samarbeidsråd, deltaking i rettshavarane sitt driftsplanarbeid, FoU og studentoppgåver, organisasjonar, lag og foreiningar som ønskjer å setje i verk tiltak, og andre prioriterte viltføremål. Det kan òg gis tilskot til tilrettelegging, organisering og informasjon om jakt og jakttilhøve. Fordeling av midlane på dei ulike fylka skjer etter nøklar baserte på bl.a. innbetalt jegeravgift, talet på jegerar i fylket, felt vilt m.m.
Oppfølging og kontroll
Resultatkontroll og oppfølging skjer ved at tilskotsmottakarane leverer sluttrapportar og -rekneskap og eventuelt framdriftsrapportar med rekneskap. Det blir gjort ein generell formalia- og sannsynskontroll av rapportane og rekneskapane.
Underpost 71.1 Hjortevilttiltak
Underposten skal dekkje tiltak knytte til handlingsplan for forvaltning av hjortevilt som er utarbeidd i samarbeid mellom forvaltninga og organisasjonane i 1995. Ein revisjon av denne handlingsplanen vart gjennomført i 2004, og revisjonen vil bli følgd opp i 2005. Underposten skal òg dekkje dei sentrale overvakingsprogramma for utvikling og samansetning av bestandar, og programmet for helseovervaking av hjortevilt. Dette er viktige grunnlagsdata for konkret forvaltning. Midlar blir òg nytta i hjorteviltforvaltninga til tiltaksretta undersøkingar, metodeutvikling, tilskot til praktiske tiltak, medverknad til å løyse oppgåver og stimulerings- og informasjonstiltak i regi av organisasjonar m.m., og forvaltningsretta FoU og sentrale utviklingstiltak som er nødvendige for seinare å kunne setje i verk praktiske tiltak.
Underpost 71.2 Villreintiltak
Underposten skal dekkje tiltak i villreinforvaltninga som drift av villreinområda, teljing av bestandar, overvaking, driftsplanar, arbeid med å sikre leveområda, forvaltningsretta FoU og sentrale utviklingstiltak som er nødvendige for seinare å kunne setje i verk praktiske tiltak. I 2003 vart det sett i verk ei ordning der innbetalte fellingsavgifter skal tilbakeførast til det enkelte villreinområdet, og der midlane skal disponerast av villreinnemnda til tiltak. I 2004 blir prosjektet Villrein og Samfunn gjennomført med ein brei gjennomgang av kunnskapsstatus og eksisterande tiltak og verkemiddel i villreinforvaltninga, i eit nært samspel mellom forsking, forvaltning og brukarar. Formålet er å leggje grunnlaget for å tryggje framtida for villreinen. Ein gjer framlegg om å styrkje underposten med 0,5 mill. kroner.
Underpost 71.3 Lokale vilttiltak mv.
Midlane blir nytta til vilttiltak og prosjekt i regi av regionale og landsomfattande organisasjonar, forvaltningsretta FoU knytt til dokumentasjon og overvaking av biologisk mangfald, og sentrale utviklingstiltak som er nødvendige for seinare å kunne setje i verk praktiske tiltak i distrikta.
Midlane skal òg nyttast til sentrale organisasjonar som utførar oppgåver på vegner av eller i samarbeid med styresmaktene for viltforvaltninga. Fleire av dei store landsdekkjande organisasjonane utfører eit omfattande frivillig arbeid innan viltforvaltning. I budsjettet for 2004 vart det lagt inn ein auke på 2,5 mill. kroner til dette arbeidet. I budsjettet for 2005 gjer Regjeringa framlegg om å styrkje arbeidet ytterlegare med ei auke på 0,7 mill. kroner.
Underpost 71.4 Viltovervaking
Midlane blir nytta til overvakingsoppgåver som skal sikre ei løpande oversikt over bestandsstatus og utvikling av arter og artsgrupper av vilt, som ikkje er dekt over underpost 71.1 eller underpost 71.2. Dei sentrale overvakingsprosjekta skal gi eit årleg oppdatert datagrunnlag for å setje i verk både sentrale, regionale og lokale forvaltningstiltak og justering av verkemiddel, og avdekkje kunnskapsbehov.
Kap. 4425 Refusjonar frå Viltfondet og Statens fiskefond (jf. kap. 1425)
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2003 | Saldert budsjett 2004 | Forslag 2005 |
51 | Refusjon frå Viltfondet | 48.510 | 54.500 | 53.700 |
52 | Refusjon frå Statens fiskefond | 13.000 | 13.000 | 16.500 |
Sum kap. 4425 | 61.510 | 67.500 | 70.200 |
Hovuddelen av refusjonane til statsbudsjettet, basert på inntektene frå jeger- og fiskaravgiftene til Viltfondet og Statens fiskefond, er budsjettert under denne posten. Refusjonane under kap. 4425 gir grunnlag for tilsvarande utgifter som er budsjetterte under kap. 1425 Vilt- og fisketiltak.
Refusjonane frå Viltfondet og Statens fiskefond over kap. 4425 i budsjettet vart auka med om lag 6 mill. kroner i 2004. Dette skuldast oppspart kapital i fonda. Ved inngangen til 2005 vil den ekstra kapitalen vere oppbrukt. Regjeringa gjer framlegg om å auke jeger-, fellings- og fiskaravgiftene. Saman med ei omkanalisering av ressursane frå forvaltning til tiltak, gjer dette det mogleg å halde oppe og delvis styrkje omfanget av vilt- og fisketiltak trass den reduserte kapitalen i fonda. Forslaget er basert på venta inntekter i fonda i 2005, jf. omtale under kvart fond nedanfor.
Post 51 Refusjonar frå Viltfondet
Hovuddelen av dei midlane som blir refunderte frå Viltfondet til statsbudsjettet blir budsjettert under denne posten. Viltfondet refunderer i tillegg midlar til kap. 4410 post 50 og til kap. 3904, jf. omtale nedanfor.
Refusjonane frå Viltfondet til posten er foreslått reduserte med om lag 0,8 mill. kroner. Dette som følgje av bl.a. særskilt bruk av kapitaliserte inntekter i fonda i 2004.
Nærare om Viltfondet
Mål
§ 40 i Viltlova fastset at «den som vil drive jakt eller fangst etter denne lov, skal betale jegeravgift etter satser og regler som Kongen fastsetter» og at «for hvert dyr som tillates felt eller felles av elg, hjort og villrein skal det betales en fellingsavgift etter satser og regler som Kongen fastsetter. Kongen kan bestemme at kommunen innenfor nærmere rammer kan fastsette fellingsavgiften for elg og hjort».
Gjennom behandlinga av statsbudsjettet for 1989 fastsette Stortinget følgjande retningslinjer for bruken av midlane i Viltfondet:
Viltfondet skal nyttast til forvaltningstiltak som kjem viltet og allmenta til gode, under dette viltforvaltning i kommunane, lokale, regionale og sentrale vilttiltak, viltforsking, førebyggjande tiltak mot og vederlag for skadar valda av hjortevilt, jegerregister og jegerservice.
Den årlege fordelinga av midlar mellom formåla som er nemnde over, skal gå fram av Miljøverndepartementet sin budsjettproposisjon. Ved budsjetteringa er det føresett at ca. halvparten av midlane frå jegeravgifta skal gå til vilttiltak i distrikta og at fellingsavgiftene som er knytte til villrein skal nyttast i villreinforvaltninga.
Inntekter og avgiftssatsar
Inntektene til Viltfondet kjem i hovudsak frå jegeravgifter og fellingsavgifter. Ordninga med Viltfondet synleggjer på denne måten at tilretteleggingstiltak for jakt og delar av viltforvaltninga for ein stor del er baserte på brukarfinansiering. I tillegg kjem meir tilfeldige typar inntekter til fondet frå enkelte typar fallvilt og frå renter av fondskapitalen.
I 2001 vart det gjennomført ei omfattande omlegging av viltforvaltninga, der kommunane i staden for staten krev inn og disponerer fellingsavgiftene for elg og hjort og fører desse inntektene i kommunale viltfond. Omleggingsarbeidet blir følgt opp løpande av Direktoratet for naturforvaltning. Det er fastsett ei statleg rammeforskrift for dei kommunale viltfonda, der inntektene til kommunane frå fellingsavgifter inngår. For dei fellingsavgiftene som blir kravde inn for villrein, er det etablert ei tilsvarande ordning, der midlar blir tilbakeførte til det enkelte villreinområde i høve til innbetalte avgifter føregåande år.
Ein gjer framlegg om å auke jegeravgifta og fellingsavgiftene for 2005. Fellingsavgiftene har ikkje vore endra sidan 1996. Jegeravgifta vart sist justert i 2001. Ein gjer derfor framlegg om ei jamn oppjustering på ca. 10 pst. i avgiftene, for på den måten å kunne halde fram med å finansiere vilttiltak i same omfang som før.
Dei nye satsane er oppgitt i tabellen under. For oversikta sin del er dei økonomiske konsekvensane for kommunane i 2005 tekne med, slik at den samla bruken av verkemiddel kan sjåast under eitt. Merk at for kommunane er dei oppgitte avgiftene maksimalsatsar.
Tabell 17.3 Framlegg om jeger- og fellingsavgifter i 2005 (tal i heile kroner):
Type avgift: | Storleiken på avgifta i 2005 | Estimert tal innbetalingar | Venta innbetalt totalbeløp | Inntektsført |
---|---|---|---|---|
Jegeravgift generelt: | 265 | 191 000 | 50 615 000 | Viltfondet |
Jegeravgiftstillegg hjortevilt: | 70 | 99 000 | 6 930 000 | Viltfondet |
Gebyr jaktstatistikk: | 165 | 10 000 | 1 650 0001 | Viltfondet |
Gebyr ekstra jegeravgiftskort: | 55 | 3 000 | 165 000 | Viltfondet |
Fellingsavgift vaksen rein: | 235 | 4 000 | 940 000 | Viltfondet |
Fellingsavgift reinkalv: | 135 | 1 500 | 202 500 | Viltfondet |
Sum statlege avgifter: | 60 502 500 | Viltfondet | ||
Fellingsavgift vaksen elg: | 440 | 25 400 | 11 176 000 | Kommunane |
Fellingsavgift elgkalv: | 255 | 12 600 | 3 213 000 | Kommunane |
Fellingsavgift vaksen hjort: | 330 | 17 500 | 5 775 000 | Kommunane |
Fellingsavgift hjortekalv: | 200 | 5 000 | 1 000 000 | Kommunane |
Sum kommunale avgifter: | 21 164 000 | Kommunane |
1 Innkrevjing av gebyret skjer etterskotsvis i 2005, for dei som ikkje leverte jaktstatistikk i 2004. Talet er vurdert til ca. 10 000.
Etter innføring av gebyr for å late vere å rapportere utbytte av jakta til statistiske føremål har statistikkgrunnlaget blitt vesentlig betra. Etter at det i starten var relativt mange jegerar som let vere å rapportere, er det venta at denne delen no blir stabilisert på om lag 10 000 krav om gebyr. Dette inneber at om lag 5 pst. av jegerane ikkje leverer rapport slik dei skal. Inntektene frå avgiftene gjer at det blir budsjettert med ein kapitalstraum i Viltfondet som vist i tabellen under.
Tabell 17.4 Berekning av kapital i Viltfondet i 2005:
(i 1000 kr): | |
---|---|
Tekst: | Beløp |
Saldo per 31.12.03: | 8 988 |
Budsjettert innbetalt i 2004: | 55 950 |
Budsjettert refusjon i 2004 (utbetalingar frå fondet): | -62 100 |
Budsjettert saldo per 31.12.04: | 2 838 |
Budsjettert innbetalt i 20051 | 61 303 |
Budsjettert refusjon i 2005 (utbetalingar frå fondet): | -61 300 |
Budsjettert saldo per 31.12.05: | 2 841 |
1 Talet inkluderer stipulerte renteinntekter og andre inntekter på 0,8 mill. kroner.
Administrasjon og økonomiforvaltning
Viltfondet blir forvalta av Miljøverndepartementet ved Direktoratet for naturforvaltning. Utgiftene over statsbudsjettet skal normalt svare til fondet sine stipulerte inntekter same året. Eventuelle overskytande inntekter skal overførast og kapitaliserast i fondet, og gi grunnlag for eventuelle større refusjonar kommande år.
Refusjonane frå Viltfondet som blir førte under kap. 4425, kap. 4410 og kap. 3904, finansierer utgifter til vilttiltak og viltforvaltning over kap. 1425, forsking på viltressursar over kap. 1410 post 50 og utgifter til drift av Jegerregisteret i Brønnøysundregistra over kap. 0904 under Nærings- og handelsdepartementet sitt budsjett, jf. St.prp. nr. 1 (2004-2005) for Nærings- og handelsdepartementet.
I budsjettet for 2005 gjer ein framlegg om at 4,6 mill. kroner blir refunderte til Brønnøysundregistra over kap. 3904.
Den samla budsjetteringa av refusjonane frå Viltfondet går fram av tabellen under:
Tabell 17.5 Samla refusjonar frå Viltfondet i 2005:
(i 1000 kr) | |
---|---|
Formål: | Refusjonar |
Sentrale fallviltutgifter (kap. 1425.01): | 1 000 |
Drift villreinnemndene (kap. 1425.01): | 2 500 |
Prosjekt, administrasjon, jaktstatistikk mv. (kap. 1425.01): | 15 365 |
Kommunal viltforvaltning (kap. 1425.61): | 5 500 |
Hjortevilttiltak (kap. 1425.71.1): | 7 000 |
Villreintiltak (kap. 1425.71.2): | 2 200 |
Lokale vilttiltak (kap. 1425.71.3): | 14 135 |
Viltovervaking (kap. 1425.71.4): | 6 000 |
Sum refusjon frå Viltfondet under kap. 1425, jf. kap. 4425: | 53 700 |
Viltforsking, NINA (kap. 1410.50 jf. kap. 4410.50): | 3 000 |
Drift av Jegerregisteret (kap. 0904 jf. kap. 3904): | 4 600 |
Sum refusjon frå Viltfondet i 2005: | 61 300 |
Spesielt om hjortevilt og fallvilt
Sjølv om kommunane har fått primæransvaret for forvaltninga av hjortevilt og for alt fallvilt, er det likevel nasjonale oppgåver innan desse felta som må løysast. FoU-tiltak og overvaking av hjortevilt blir dekte av Viltfondet, gjennom den differensierte jegeravgifta. Differensieringa inneber at hjorteviltjegerane betaler eit tillegg til jegeravgifta, og på denne måten medverkar dei særskilt til nødvendige nasjonale oppgåver.
Når det gjeld fallvilt, er det framleis eit behov for å gjennomføre sentrale analysar av individ som blir funne igjen som fallvilt eller avliva av ulike årsaker, spesielt for rovviltartene. Slike analysar må framleis gjennomførast av Direktoratet for naturforvaltning. Utgiftene til sentrale oppgåver i samband med hjortevilt og fallvilt er budsjetterte under kap. 1425 post 01.
Post 52 Refusjonar frå Statens fiskefond
Hovuddelen av dei midlane som blir refunderte frå Statens fiskefond til statsbudsjettet er budsjettert under denne posten. Statens fiskefond refunderer i tillegg midlar til kap. 4410 post 50.
Refusjonane frå Statens fiskefond til kap. 4425 post 52 er foreslått auka med 3,5 mill. kroner. Dette gir grunnlag for ein tilsvarande auke i utgiftene til tilskot for lokale fiskeformål, jf. kap. 1425 post 70.
Nærare om Statens fiskefond
Mål
I lov om laksefisk og innlandsfisk m.v., § 30, heiter det at den som er fylt 16 år og vil fiske etter anadrom laksefisk eller innlandsfisk skal betale avgift til fiskefondet. Fiskaravgift på alt fiske etter innlandsfisk vart sett til kr 0 frå og med 2002, slik at det no berre skal betalast avgift for fiske etter anadrom laksefisk. Det er gitt visse unntak, bl.a. for fiske i medhald av reindriftslovgivinga og til undervisnings- eller behandlingsformål.
Følgjande retningslinjer for bruken av midlar frå Statens fiskefond er lagt til grunn:
Statens fiskefond skal nyttast til forvaltningstiltak knytte til anadrom laksefisk og som kjem samfunnet og allmenta til gode; under dette investeringar, spesielle driftsutgifter til fiskefremjande føremål, fiskeforsking og overvaking.
Den årlege fordelinga av midlane mellom formåla som nemnde over, skal gå fram av Miljøverndepartementet sin budsjettproposisjon. Ved budsjetteringa er føresett at omlag halvparten av fondet sine inntekter skal gå til lokale tiltak.
Inntekter og avgiftssatsar
Inntektene til Statens fiskefond består av fiskaravgift på anadrom laksefisk og renter av kapitalen i fondet. Ordninga med Statens fiskefond synleggjer at tilretteleggingstiltak, og delar av fiskeforvaltninga retta inn mot anadrome fiskearter, for ein stor del er basert på brukarfinansiering.
Avgifta for fiske etter anadrom laksefisk har vore uendra på kr 180 sidan 1992. Prisstigninga i perioden har vore på nærare 30 pst.. Regjeringa gjer framlegg om ei oppjustering av avgifta med ca. 10 pst. for 2005. Avgifta blir dermed på kr 200. Samtidig gjer ein framlegg om å opprette ei familieavgift på kr 320 som skal gjelde for ektefelle/sambuarar med eventuelle barn mellom 16 og 18 år og einslege med barn i same aldersgruppa (barn under 16 år er fritekne for avgifta). Vidare gjer ein framlegg om å innføre ei eiga avgift for fiske med fastståande reiskap i sjøen. Sesongstart for dette fisket varierer i dei forskjellige regionane, og ein gjer framlegg om ein sats på kr 500 for dei som kan starte fisket før 1. juli, og ein sats på kr 300 for dei som har fiskestart etter 1. juli. Noregs Grunneigar- og Sjøfiskelag (NGSL) som organiserar sjølaksefiskarane har uttalt seg positivt til innføring av ei slik avgift.
Inntektene frå avgiftene gjer at det er budsjettert med ein kapitalstraum i Statens fiskefond som vist i tabellen under.
Departementet har lagt til grunn at inntektene i 2005 blir om lag 2,5 mill. kroner høgare enn i 2004. Samtidig gjer ein framlegg om å tære noko på oppspart kapital i fondet.
Tabell 17.6 Berekning av kapital i Statens fiskefond i 2005:
(i 1000 kr) | |
---|---|
Tekst: | Beløp |
Saldo per 31.12.03: | 1 848 |
Budsjettert innbetalt i 2004: | 14 620 |
Budsjettert refusjon i 2004 (utbetalingar frå fondet): | -14 000 |
Budsjettert saldo per 31.12.04: | 2 468 |
Budsjettert innbetalt i 2005 1: | 16 890 |
Budsjettert refusjon i 2005 (utbetalingar frå fondet): | -17 500 |
Budsjettert saldo per 31.12.05: | 1 858 |
1 Talet inkluderer stipulerte renteinntekter på 0,15 mill. kroner.
Administrasjon og økonomiforvaltning
Statens fiskefond blir forvalta av Miljøverndepartementet ved Direktoratet for naturforvaltning. Utgiftene over statsbudsjettet skal normalt svare til dei inntektene ein ventar at fondet vil ha same året. Eventuelle overskytande inntekter skal overførast og blir kapitaliserte i fondet.
Refusjonane frå Statens fiskefond finansierer utgifter til fisketiltak og fiskeforvaltning over kap. 1425 (jf. kap. 4425) og forsking på fiskeressursar over kap. 1410 post 50 (jf. kap. 4410 post 50).
Den samla budsjetteringa av refusjonane frå Statens fiskefond går fram av tabellen under.
Tabell 17.7 Samla refusjonar frå Statens fiskefond i 2005:
(i 1000 kr) | |
---|---|
Formål: | Refusjonar |
Prosjekt, administrasjon mv. (kap. 1425.01): | 8 000 |
Tilskot til fiskeformål (kap. 1425.70): | 8 500 |
Sum refusjon frå Statens fiskefond under kap. 1425, jf. kap. 4425: | 16 500 |
Fiskeforsking, NINA (kap. 1410.50, jf. kap. 4410.50): | 1 000 |
Sum refusjon frå Statens fiskefond i 2005 | 17 500 |
Spesielt om lokal bruk av midlane
I fordelinga av fondsmidlane, fråtrekt nødvendige driftsutgifter, vil ein arbeide for at minst 50 pst. av midlane går til tiltak som er initierte lokalt. Andre tiltak som er meint å gi effekt for eit avgrensa område, eit bestemt vassdrag eller fjordområde, og der lokale aktørar deltek i stor grad, blir òg rekna som lokale tiltak, sjølv om dei er initierte og administrerte frå offentleg forvaltning, organisasjonar eller institusjonar på sentralt nivå.
Kap. 1426 Statens naturoppsyn (jf. kap. 4426)
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2003 | Saldert budsjett 2004 | Forslag 2005 |
01 | Driftsutgifter | 48.555 | 53.888 | 55.899 |
30 | Tiltak i nasjonalparkane , kan overførast | 6.834 | 10.791 | 10.391 |
31 | Tiltak i naturvern-, kulturlandskaps- og friluftsområde , kan overførast | 17.596 | 16.671 | 21.171 |
32 | Skjergardsparkar o.a. , kan overførast | 13.814 | 11.195 | 13.195 |
70 | Tilskot til naturoppsyn , kan overførast | 500 | ||
Sum kap. 1426 | 87.300 | 92.545 | 100.656 |
Kap. 1426 Statens naturoppsyn omfattar midlar til etablering og drift av Statens naturoppsyn og midlar til tiltak i natur- og friluftsområde.
Rolle og oppgåver for Statens naturoppsyn
Statens naturoppsyn er etablert med heimel i lov om statleg naturoppsyn av 21. juni 1996. Statens naturoppsyn er framleis under utvikling, og arbeider for å etablere eit samla grep om statleg oppsynsinnsats i naturområde. Den nasjonale leiinga ligg i Direktoratet for naturforvaltning. Det heiltidstilsette lokale oppsynet er òg tilsett i Direktoratet for naturforvaltning, men har arbeidsstad tilknytt eit geografisk område. Dei områda der behovet for styrkt oppsyn er størst, blir prioriterte.
Hovudoppgåvene er informasjon og vegleiing, i tillegg til bl.a. kontroll, registrering, dokumentasjon, skjøtsel og drift. I dette inngår òg viktige oppgåver innan rovviltforvaltninga, bl.a. bestandsregistrering og skadedokumentasjon knytt til den lovfesta erstatningsordninga. Statens naturoppsyn har òg eit overordna ansvar for lakseoppsynet og oppfølginga av ordninga med skjergardstenesta. Ei viktig utfordring for oppsynet er å skape forståing og respekt for regelverket som finst på dette området. Verksemda er basert på eigne oppsynsstillingar i kombinasjon med kjøp av tenester og samarbeid med andre oppsynsordningar lokalt og regionalt. Det blir lagt stor vekt på å etablere godt samarbeid med dei andre aktørane innan naturoppsyn. Dette gjeld både fjelloppsynet i regi av fjellstyra, Statsskog si fjellteneste og politiet. Særleg er samordning med politiet viktig når det gjeld oppgåver knytte til kontroll. Statens naturoppsyn samverkar med desse gjennom bl.a. miljøforum og sentrale og regionale oppsynsutval.
Slik føresetnaden var ved etableringa av Statens naturoppsyn , jf Ot.prp. nr. 30 (1995-96), vil det no bli gjennomført ei evaluering av verksemda.
Post 01 Driftsutgifter
Posten dekkjer lønns- og driftsutgifter til Statens naturoppsyn, medrekna lønn til engasjement i den sentrale eininga i Direktoratet for naturforvaltning, og kjøp av ulike tenester i samband med drifta av det samla statlege naturoppsynet. Posten dekkjer òg utgifter til dei lokale rovviltkontaktane som arbeider med dokumentasjon av rovviltskadar.
Posten dekkjer vidare utgifter til IT- og sambandsutstyr, feltutstyr, uniform/arbeidsklede, opplæringstiltak, informasjonsmateriell, tiltak innan naturvegleiing m.v. og utviklingskostnader. Posten dekkjer òg oppdragsverksemd der dei tilsvarande inntektene er budsjetterte på kap. 4426 post 01.
Regjeringa legg stor vekt på oppfølging av bl.a. nasjonalparkplanen, også når det gjeld oppsyn. Oppsynet er viktig, ikkje minst når det gjeld informasjon og vegleiing til dei som nyttar nasjonalparkane.
Posten er auka med 1,1 mill. kroner til fellingsoppdrag, registreringar, utvikling av spesialkompetanse m.m. i samband med rovviltarbeidet. Posten er òg auka med kompensasjon for verknadene av lønnsoppgjeret i 2004.
Post 30 Tiltak i nasjonalparkane, kan overførast
Posten dekkjer statlege investeringsutgifter og tiltak i samband med oppfølginga av nasjonalparkane og tilliggjande verneområde i tråd med godkjent forvaltningsplan og andre styringsdokument. Vidare dekkjer posten utgifter til tilretteleggingstiltak av ulike slag i samband med styringa av ferdsla inntil og i nasjonalparkane. Frå posten er flytt 0,4 mill. kroner til kap. 1427 post 21 for å dekkje utgifter til lokal forvaltning i nasjonalparkar. Dette er utgifter som tidlegare har vore dekte over tiltaksmidlane for nasjonalparkar. Samtidig er budsjettet til lokal forvaltning over kap. 1427 post 21 ytterlegare styrkt for å romme utgifter til lokal forvaltning. I sum gjer dette at post 30 kan dekkje fleire konkrete tiltak i nasjonalparkane enn tidlegare. Regjeringa ønskjer på ein berekraftig måte å gjere nasjonalparkar og andre større verneområde meir tilgjengelege for brukarane. Dette skal skje gjennom tilrettelegging i tråd med Regjeringa sin politikk for bruk av verneområde i lokal næringsutvikling, jf. omtalen av dette i St.prp. nr. 65 (2002-2003). Opparbeiding av stigar og løyper, klopping og merking, tiltak for å betre tilgjenget til verneområda, etablering av parkeringsplassar og etablering av informasjonsordningar medverkar til å sikre viktige kvalitetar ved at stor ferdsel og aktivitet blir kanalisert til bestemte område. Naturen blir lettare tilgjengeleg for brukarane, og dermed betrast òg grunnlaget for lønnsame reiselivsaktivitetar.
Post 31 Tiltak i naturvern-, kulturlandskaps- og friluftslivsområde, kan overførast
Posten er auka med 4,5 mill. kroner til skjøtselstiltak i verneområde. Posten dekkjer utgifter til ulike praktiske tiltak som følgjer av statleg tileigning av nasjonalt eller regionalt viktige friluftslivsområde, eller varige servituttavtaler for å sikre allmenta sine friluftsinteresser i slike område. Posten dekkjer òg feltvise utgifter i naturområde freda ved kgl. res. Dette er bl.a. utgifter til opparbeiding av stigar, tilrettelegging for publikum, uteinformasjonstiltak og skjøtsel for å ivareta biologisk mangfald mv.. Det siste vil òg kunne gjelde dei høgast prioriterte områda i Nasjonal registrering av verdifulle kulturlandskap.
Post 32 Skjergardsparkar o.a., kan overførast
Posten er auka med 2 mill. kroner i høve til 2004. Auken vil gå til å styrkje forvaltninga av skjergardsparkar og friluftslivsområde langs kysten. Posten er primært retta mot resultatområde 2, og dekkjer utgifter til den praktiske forvaltninga av skjergardsparkar og friluftslivsområde langs kysten, knytt til drift av skjergardstenesta i Oslofjorden, i skjergardsparkane og i Vestkystparken. Skjergardstenesteordninga er etablert med bakgrunn i statleg initiativ. Posten dekkjer òg statlege naturoppsynsoppgåver som er integrerte i skjergardstenesta. Departementet legg òg fram forslag om ei bestillingsfullmakt under posten på 2 mill. kroner, jf. Forslag til vedtak V nr. 1.
Post 70 Tilskot til naturoppsyn, kan overførast
Ein gjer ikkje framlegg om løyving på denne posten i 2005. Alle utgifter til naturoppsyn er frå 2004 dekte over post 01.
Kap. 4426 Statens naturoppsyn (jf. kap. 1426)
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2003 | Saldert budsjett 2004 | Forslag 2005 |
01 | Ymse inntekter | 48 | 114 | 118 |
16 | Refusjon av fødselspengar/ adopsjonspengar | 19 | ||
18 | Refusjon av sjukepengar | 326 | ||
Sum kap. 4426 | 393 | 114 | 118 |
Post 01 Ymse inntekter
På posten er ført ulike inntekter for Statens naturoppsyn, bl.a. inntekter frå oppdragsverksemd o.l.
Kap. 1427 Direktoratet for naturforvaltning (jf. kap. 4427)
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2003 | Saldert budsjett 2004 | Forslag 2005 |
01 | Driftsutgifter | 77.186 | 73.168 | 78.579 |
21 | Spesielle driftsutgifter | 34.550 | 34.503 | 43.721 |
30 | Statlege tileigningar, bandlegging av friluftsområde , kan overførast | 17.751 | 32.405 | 34.405 |
32 | Statlege tileigningar, fylkesvise verneplanar , kan overførast | 23.498 | 19.450 | 19.450 |
33 | Statlege tileigningar, barskogvern , kan overførast | 58.760 | 101.893 | 56.868 |
34 | Statlege tileigningar, nasjonalparkar , kan overførast | 2.309 | 5.100 | 5.100 |
35 | Statlege tileigningar, nytt skogvern , kan overførast | 18.000 | 57.213 | |
60 | Kommunal naturforvaltning , kan overførast | 15 | ||
70 | Tilskot til kalking og lokale fiskeføremål , kan overførast | 97.234 | 86.200 | 80.200 |
72 | Vederlag for rovviltskade , overslagsløyving | 67.767 | 84.474 | 77.006 |
73 | Førebyggjande og konfliktdempande tiltak i rovviltforvaltninga , kan overførast | 31.064 | 32.000 | 32.000 |
74 | Tilskot til friluftslivstiltak , kan overførast | 10.216 | 10.520 | 15.520 |
75 | Internasjonale avtaler og medlemskap | 1.009 | 1.010 | 1.010 |
76 | Tilskot til kulturlandskapstiltak , kan overførast | 5 | ||
77 | Tilskot til nasjonalparksenter , kan overførast | 10.240 | 10.400 | 11.400 |
78 | Friluftsrådas landsforbund og interkommunale friluftsråd , kan overførast | 5.300 | 5.300 | 5.300 |
Sum kap. 1427 | 436.904 | 514.423 | 517.772 |
Direktoratet for naturforvaltning si rolle og oppgåver
Direktoratet for naturforvaltning er Miljøverndepartementet sitt sentrale rådgivande og utøvande fagorgan innan naturforvaltninga.
Arbeidet til Direktoratet for naturforvaltning med bl.a. skogvern og nasjonalparkar, forvaltning av truga arter (fjellrev og store rovdyr), lakseforvaltning, marin naturforvaltning og vassdragsforvaltning og tilrettelegging for friluftsliv er ein føresetnad for å få gjennomført nasjonal politikk og få sett i verk konkrete tiltak nasjonalt, regionalt og lokalt.
Direktoratet har brei oversikt over naturtilstanden i Noreg og rapporterer løpande om dette. Direktoratet har fagleg instruksjonsmynde overfor miljøvernavdelingane ved fylkesmannsembeta. Dei konkrete miljømåla som direktoratet arbeider mot er omtalte under resultatområda i Del II. Hovudstrategiane for å nå måla er:
Sikre ein brei variasjon i norsk natur og landskap og halde oppe den naturlege produksjonsevna
Syte for at omsynet til ei langsiktig disponering av naturressursane blir lagt til grunn ved areal- og vassdragsplanlegging og planar om naturinngrep
Fremje høve til å bruke naturen til friluftsliv, opplæring og hausting
Skaffe fram og formidle kunnskap som grunnlag for ei aktiv og førebyggjande naturforvaltning
Lakseforvaltning
Styresmaktene konsentrerer innsatsen om å ta vare på dei viktigaste bestandane og leveområda deira. I den samanhengen er ordninga med nasjonale laksevassdrag eit viktig nytt hjelpemiddel, og desse bestandane har høgast prioritet. Kunnskapsgrunnlaget for lakseforvaltninga må stadig betrast gjennom forsking, overvaking og utviklingsarbeid. Forskinga er for ein stor del lagd til forskingsrådet sitt program om villaksforsking. Direktoratet for naturforvaltning har eit opplegg for overvaking i indeksvassdrag og på sjøstasjonar, og det ligg no føre forslag til eit overvakingsprogram for nasjonale laksevassdrag. Ei permanent nasjonal faggruppe tek for seg resultata frå overvakinga. Gruppa oppsummerar bestandssituasjonen og gir råd til Direktoratet for naturforvaltning ut frå dette. Det blir lagt stor vekt på innsatsen mot dei viktigaste trusselfaktorane, bl.a. lakselus, rømt oppdrettslaks, skadelege effektar av inngrep i vassdrag, og parasitten Gyrodactylus salaris som blir gitt særleg prioritet. Kalking av laksevassdrag har medført styrking og nyetablering av laks i fleire forsura elvar, og stor auke i lakseproduksjonen. Genbanken for laks er eit viktig verkemiddel for å ta vare på det genetiske mangfaldet, mens ein ventar på at trusselfaktorane skal reduserast eller eliminerast. Reguleringane i laksefisket skal tilpassast betre til situasjonen for dei enkelte bestandane. Det blir i den samanhengen arbeidd for ei meir prognosebasert regulering, og bruk av kvotar er under utgreiing. Rapport om dette skal liggje føre innan utgangen av 2004. Det blir òg lagt vekt på å utvikle systemet for lokal lakseforvaltning og å styrkje det sektorovergripande samarbeidet om lakseforvaltninga. Eit samarbeidsforum for relevante direktorat er oppretta, og det blir arbeidd for å styrkje kontroll og tilsynsoppgåver for dei ansvarlege sektorane. I samband med næringslivsmessig satsing på villaks vil Direktoratet for naturforvaltning i kommande år også prioritere å få fram overordna rammer som sikrar villaksbestandane, samtidig som dei legg til rette for utvikling av fisketurisme. Ein oversikt over situasjonen for dei ville laksebestandane, går fram av tabellen under.
Tabell 17.8 Bestandssituasjonen for laks januar 2004, talet på elvar.
Kategori | Beskriving | Tal |
---|---|---|
1 | Tapt bestand | 48 |
2 | Truga bestand | 29 |
3a | Sårbar bestand – nær tolegrensa | 34 |
3b | Sårbar bestand – kan oppretthaldast ved tiltak | 21 |
4a | Redusert bestand – ungfiskproduksjon | 60 |
4b | Redusert bestand – berre vaksenfiskbestand | 6 |
5a | Moderat/lite påverka bestand – spesielt omsynskrevjande | 204 |
5b | Moderat/lite påverka bestand – ikkje spesielt omsynskrevjande | 56 |
X | Usikker kategoriplassering | 13 |
Totalt tal lakseelvar i Noreg | 471 |
Nedkjemping av lakseparasitten Gyrodactylus salaris
I alt 30 vassdrag er infiserte av lakseparasitten Gyrodactylus salaris eller under overvaking etter behandling. Vassdraga ligger i områda frå Skibotnelva i Troms i nord til Sandeelva i Vestfold i sør. Smitten i Sandeelva i Vestfold vart påvist i 2004. I 2003 kom det i gang kjemisk behandling for å nedkjempe parasitten i Ranaregionen i Nordland, med Ranaelva og Røssåga som dei viktigaste vassdraga. Denne aksjonen er fullført hausten 2004, og då vil alle dei smitta vassdraga i Ranaregionen vonleg vere fri for lakseparasitten. I 2003 starta storskalaforsøk med bruk av aluminium for å fjerne Gyrodactylus salaris. I 2004 blir det gjennomført fullskalaforsøk i Batnfjordselva i Møre og Romsdal, med mål å fjerne parasitten. Aluminium er hovudkomponent i forsøket.
I 2005 er planen å komme i gang med nedkjemping av Gyrodactylus salaris i Lærdalselva i Sogn og Fjordane og vassdrag i Romsdalsfjorden i Møre og Romsdal. Aksjonane vil gå over minst 2 år og resultata frå forsøket i Batnfjordselva blir grunnlag for kva metode som skal brukast. Det vil òg bli starta planlegging av aksjon i Vefsna i Nordland og i Driva i Møre og Romsdal. I Driva er det aktuelt å starte prosjektering og bygging av langtidssperre. I 2004 blir det brukt om lag 20 mill. kroner til arbeidet med å nedkjempe parasitten. I 2005 er det i tillegg lagt inn ei auke på 5 mill. kroner til villaksen under kap. 1400 post 21. Ein stor del av desse midla vil gå til å styrkje arbeidet mot Gyrodactylus salaris.
Samla framstilling av den økonomiske satsinga på bevaring av villaksen
I budsjettet for 2005 vil det bli disponert i overkant av 95 mill. kroner til arbeidet med å ta vare på dei ville laksebestandane. Dette er ei auke på om lag 8,5 mill. kroner frå 2004, med 5 mill. kroner på kap. 1400 post 21 og 3,5 mill. kroner på kap. 1425 post 70. Midlane er budsjetterte på:
kap. 1400 post 21 Spesielle driftsutgifter med 13,5 mill. kroner til innsats for dei ville laksebestandane
kap. 1410 post 50 Basisløyvingar til miljøforskingsinstitutta med om lag 1 mill. kroner til nasjonale forskingsoppgåver knytte til dei ville laksebestandane
kap. 1410 post 51 Forskingsprogram m. m. med 7,2 mill. kroner til forskingsprogrammet om villaks
kap. 1425 post 01 Driftsutgifter med om lag 8 mill. kroner til ulike bevaringstiltak
kap. 1425 post 70 Tilskot til fiskeføremål med om lag 8,5 mill. kroner til lokale tiltak
kap. 1426 post 01 Driftsutgifter med om lag 5 mill. kroner til lakseoppsyn
kap. 1427 post 21 Spesielle driftsutgifter med om lag 12 mill. kroner til særskilte tiltak mot Gyrodactylus salaris
kap. 1427 post 70 Tilskot til kalking og lokale fiskeføremål med om lag 40 mill. kroner til tiltak for bevaring av laksestammene i forsuringsramma vassdrag
Samla framstilling av satsinga på bevaring av fjellrev
Regjeringa har sett i gang tiltak for å hindre at fjellreven blir borte frå den norske fjellnaturen. I budsjettet for 2005 blir det gjort framlegg om å disponere om lag 4,9 mill. kroner til arbeidet med å ta vare på fjellreven. Ein tek sikte på å nytte midlane til ulike tiltak for å styrkje bestanden, til å auke kunnskapen om fjellreven og til naudsynt overvaking av arten. Arbeidet med fjellreven vil i all hovudsak følgje Direktoratet for naturforvaltning sin handlingsplan for fjellrev. Fleire tiltak er alt sette i verk og vil bli vidareførte i 2005.
Eitt av tiltaka er eit prosjekt med innfanging og avl av fjellrev for seinare utsetjing i naturen. Dei eldste dyra vart fanga inn i 2001. Det blir arbeidd med å få fjellrevane til å reprodusere i fangenskap. Arbeidet har i 2004 resultert i fjellrevkvelpar på Langedrag.
Eit anna tiltak er eit prosjekt med raudrevkontroll og fôring av fjellrev. I 2004 vart det sett i gang planlegging av eit fleirårig forsøk med raudrevkontroll på Varangerhalvøya. Den praktiske delen av dette forsøket vil starte opp i 2004/2005. Prosjektet har som målsetjing å få redusert raudrevbestanden slik at raudreven sin konkurranse med fjellreven på Varangerhalvøya blir mindre. Ei målsetjing i prosjektet er òg at uttak av raudrev som metode kan bli grundig evaluert.
Overvaking av fjellreven er framleis naudsynt. Ein nasjonal hi-database for fjellrev vart oppretta i 2004. I 2005 vil ein halde fram med å leggje inn data i denne basen.
Miljøverndepartementet legg vekt på samarbeid med frivillige organisasjonar i arbeidet med fjellreven.
Løyvingane til arbeidet med fjellreven er budsjetterte på ulike postar på Miljøverndepartementet sitt budsjett. I oppstillinga nedanfor er det gjort greie for kor stor del av budsjettet under dei respektive kapitla og postane som blir nytta til formålet.
Midlane er budsjetterte på:
kap. 1400 post 21 Spesielle driftsutgifter med 1 mill. kroner til arbeid for bevaring av fjellreven.
kap. 1427 post 21 Spesielle driftsutgifter med 3 mill. kroner til ulike faglege prosjekt for bevaring av fjellreven
kap. 1410 post 21 Miljøovervaking og miljødata med 0,9 mill. kroner til naudsynt overvaking av fjellrev
Samla framstilling av satsing på villrein
Noreg er det einaste landet i Europa som framleis har intakte høgfjellsøkosystem med bestandar av villrein. Villreinen skal ha ein sentral plass i norsk fjellfauna også i framtida.
På oppdrag frå Direktoratet for naturforvaltning blir det i 2004 gjennom prosjektet «Villrein og Samfunn» gjennomført ein brei gjennomgang av kunnskapsstatus og eksisterande tiltak og verkemiddel i villreinforvaltninga i eit nært samspel mellom forsking, forvaltning og brukarar. Formålet er å leggje grunnlaget for å tryggje framtida for villreinen.
Villreinnemndene har ein viktig funksjon i villreinforvaltninga. Miljøverndepartementet er gjennom Direktoratet for naturforvaltning orientert om villreinnemndene sin økonomi. Departementet har i brev til bl.a. Stortinget opplyst at departementet ønskjer å gjennomføre ei grundig vurdering av denne saka i løpet av 2004. Departementet går inn for at praksisen for godtgjersle til villreinnemndene blir endra frå 1. januar 2005, slik at godtgjersla følgjer reglane for godtgjersle i statlege utval.
Post 01 Driftsutgifter
Posten dekkjer lønn til tilsette, husleige og andre faste driftsutgifter for Direktoratet for naturforvaltning. Det er lagt inn 4,5 mill. kroner til styrking av direktoratet sitt driftsbudsjett. Posten er òg auka med kompensasjon for verknadene av lønnsoppgjeret i 2004.
Etter fleire år med reduksjonar i driftsløyvinga, har direktoratet måtta utsetje nødvendige investeringar i sin infrastruktur som it-utstyr og inventar, og skyve på ein del tiltak, f.eks. kompetansehevingstiltak. Ytterlegare utsetjingar vil gå ut over direktoratet si yteevne. Samtidig har direktoratet fått auka oppgåvemengd, mellom anna som følgje av den forserte satsinga på gjennomføring av nasjonalparkplanen, nytt skogvern, sikring av friluftsområde og tiltak for villaksen.
Ein del av inntektene som er relatert til posten over kap. 4427 post 01 er usikre. I tråd med venta inntekter i 2005 er inntektsposten derfor redusert med 1 mill. kroner, og utgiftene under kap. 1427 post 01 redusert tilsvarande.
Løyvinga kan overskridast mot tilsvarande meirinntekter under kap. 4427, post 01, jf. Forslag til vedtak II nr. 1.
Post 21 Spesielle driftsutgifter
Posten dekkjer utgifter til faglege prosjekt og oppdrag som direktoratet utfører, og utgifter som er knytte til inntekter over kap. 4427.
Dei faglege prosjekta består av arbeid knytt til bevaring av fjellreven, styrking av dei ville laksestammene, vassdragsforvaltning inkludert arbeidet med EUs vassdirektiv, konsekvensutgreiingar i høve til nasjonalparkar, internasjonale bistandsoppdrag, jegerprøveordninga, forutan møtegodtgjersle for rovviltnemnder og gaupe- og jervnemnder. Utgifter til drifta av Kongsvold Fjeldstue og Songli forsøksgard blir òg dekte over posten. Det er sett av midlar til tilsynsutval for nasjonalparkar, møtegodtgjersle for sentrale rovviltutval, lokal forvaltning av verneområde og direktoratet sitt arbeid med gjennomføring av det statleg-kommunale kartleggingsarbeidet for biologisk mangfald.
Posten er styrkt med 9,2 mill. kroner. Av dette er 5 mill. kroner avsett til styrking av dei ville laksebestandane. I tillegg er budsjettet styrkt til arbeidet med strandsona, til lokal forvaltning i verneområde og til arbeidet med marin verneplan. Noko av auken skuldast ei parallell prisjustering av utgifter som heng saman med inntektsløyvingane under kap. 4427 postane 09 og 54.
Departementet prioriterer innsatsen for fjellreven. Vidare legg ein mykje ressursar i arbeidet med å få fram nasjonalparkplanen.
Løyvinga kan overskridast mot tilsvarande meirinntekter under kap. 4427 post 09 og post 54, jf. Forslag til vedtak II nr. 1.
Post 30 Statlege tileigningar, bandlegging av friluftsområde, kan overførast
Midlane under posten er retta mot resultatområde 2 Friluftsliv.
Ein gjer framlegg om å auke løyinga med 2 mill. kroner til oppfølging av arbeidet med strandsona og i samband med sikringsprosjektet til Friluftsrådas landsforbund. Regjeringa prioriterer høgt arbeidet med å sikre nye friluftsområde. Særleg er det viktig at område i kystsona blir sikra. Det å gjere nye «strandperler» tilgjengelege er eit konkret tiltak som betrar tilhøva for friluftsliv for mange brukarar. Dette er òg eit positivt verkemiddel som er konfliktdempande.
Staten har det økonomiske ansvaret for å sikre særskilte friluftsområde av nasjonal og regional verdi som f.eks. skjergardsparkar (jf. kap. 1426 post 32). Staten investerer òg i kommunal sikring av lokalt viktige friluftsområde i byar og tettstader gjennom bidrag til sikring mot tinglyst bandlegging av arealbruken til allment friluftsliv. Løyvinga kan normalt ikkje nyttast til å kjøpe bygningar. Unntak gjeld bygningar som anten skal rivast eller dei kan nyttast i friluftslivsamanheng i området.
Sikringa blir gjennomført ved tileigning eller ved servituttavtale med grunneigar, helst på frivillig grunnlag, men i enkelte tilfelle òg ved ekspropriasjon eller ved vilkår til konsesjon. I tillegg til sikring av friluftsområde skal midlane òg dekkje andre utgifter som er knytte til gjennomføring av desse oppgåvene.
Investeringsmidlane blir utbetalte når Direktoratet for naturforvaltning har motteke formell dokumentasjon på at heimel eller rett er overført og at staten sine vilkår er oppfylte.
Forslaget inneber behov for tilsegnsfullmakt på 15,2 mill. kroner, jf. Forslag til vedtak VI.
Det blir elles vist til nærare omtale av sikringsarbeidet under resultatområde 2 Friluftsliv.
Post 32 Statlege tileigningar, fylkesvise verneplanar, kan overførast
Midlane under posten er retta mot resultatområde 1 Berekraftig bruk og vern av biologisk mangfald. Posten skal dekkje utgifter til å erstatte dei økonomiske tapa som eigarar og rettshavarar har ved vernetiltak etter naturvernlova, jf. erstatningsreglane i lova. Erstatningar blir fastsette ved minnelege avtaler eller ved rettslege skjønn. Posten skal òg dekkje kjøp av område som er verna eller føresett verna etter naturvernlova. Forutan erstatning ved kjøp skal midlane på denne posten òg dekkje andre kostnader som er knytte til gjennomføring av verneplanane.
Løyvinga er ført vidare på same nivå som i 2004. Ut frå dei kostnadsoverslaga vi har i dag medfører dette behov for ei tilsegnsfullmakt på til saman 65 mill. kroner, jf. Forslag til vedtak VI.
Det blir elles vist til nærare omtale av verneplanarbeidet under resultatområde 1 Berekraftig bruk og vern av biologisk mangfald.
Post 33 Statlege tileigningar, barskogvern, kan overførast
Midlane under posten er i hovudsak retta mot resultatområde 1 Berekraftig bruk og vern av biologisk mangfald.
Barskogvernet som vart vedteke i 1996 er no gjennomført i tråd med Stortinget si behandling av stortingsmeldinga om barskogvern, jf. St.meld. nr. 40 (1994-95). Det vil vere behov for både løyving og tilsegnsfullmakt på posten i fleire år framover, fram til erstatningsoppgjer for dei vedtekne verneområda er gjennomførte. Løyvingar til nytt skogvern er omtalt under post 35 og 52.
Posten skal dekkje utgifter til erstatning av dei økonomiske tapa eigarar og rettshavarar har ved barskogvern etter naturvernlova, jf. erstatningsreglane i lova. Erstatningar blir fastsette ved minnelege forhandlingar eller ved rettslege skjønn. Posten skal òg dekkje utgifter som staten som grunneigar har i samband med forvaltninga av innkjøpte eigedommar.
Posten dekkjer òg utgifter til gjennomføring av makeskifteløysingar, jf. Stortinget sine merknader i Innst. S. nr. 325 (2000-2001). Frå 2003 vart praksis i samband med makeskifte endra slik at grunneigar beheld eigedomsretten på arealet i verneområdet. Det er òg opna for bruk av opsjonsavtaler ved kjøp av makeskifteareal. Inntil 8 mill. kroner av løyvinga på post 33 er sett av til kjøp av makeskifteareal. jf. Forslag til vedtak VII.
Posten skal vidare dekkje andre kostnader knytte til gjennomføring av skogvernet.
Den framlagde løyvinga på 56,9 mill. kroner skal dekkje kostnader knytte til allereie verna skog. Ut frå gjeldande kostnadsoverslag er det òg behov for ei tilsegnsfullmakt på til saman 62,5 mill. kroner, jf. Forslag til vedtak VI.
Det blir elles vist til nærare omtale av verneplanarbeidet under resultatområde 1 Berekraftig bruk og vern av biologisk mangfald.
Post 34 Statlege tileigningar, nasjonalparkar, kan overførast
Midlane under posten er retta mot resultatområde 1 Berekraftig bruk og vern av biologisk mangfald.
Posten skal dekkje utgifter til erstatning av det økonomiske tapet eigarar og rettshavarar har ved vernetiltak etter naturvernlova, jf. erstatningsreglane i lova. Erstatningar blir fastsette ved minnelege avtaler eller ved rettslege skjønn.
Forutan erstatning og vederlag skal midlane på denne posten òg dekkje andre kostnader som er knytte til gjennomføring av nasjonalparkplanen.
Gjennomføringa av nasjonalparkplanen, jf. St.meld. nr. 62 (1991-1992), vil følgje ei framdrift som sikrar at planen er sluttført i år 2010.
Posten er ført vidare med same løyvingsnivå som i 2004. Ut frå dagens kostnadsoverslag er det gjort framlegg om ei tilsegnsfullmakt på 69 mill. kroner, jf. Forslag til vedtak VI.
Det blir elles vist til nærare omtale av verneplanarbeidet under resultatområde 1 Berekraftig bruk og vern av biologisk mangfald.
Post 35 Statlege tileigningar, nytt skogvern, kan overførast
Midlane under posten er i hovudsak retta mot resultatområde 1 Berekraftig bruk og vern av biologisk mangfald.
Regjeringa framhevar i forslaget til strategi for auka skogvern i St.meld. nr. 25 (2002-2003) at det er nødvendig å auke skogvernet i Noreg. Til arbeidet med nytt vern gjer ein derfor framlegg om ei løyving på 57,2 mill. kroner på posten. Dette er ein auke frå 2004 på 39,2 mill. kroner.
Løyvinga gir rom for ei offensiv vidareføring av skogvernet gjennom vern av nye område og gjennomføring av verneprosessar. Viktige utfordringar i dette arbeidet blir å skape dialog og samhandling med skogeigarane, samtidig som ein sikrar god fagleg kvalitet i skogvernet.
Ein planlegg i 2005 vernevedtak for dei såkalla meldepliktområda på privat grunn (område som hadde meldeplikt fram til 1. august 2003). Dette er område med viktige verneverdiar som har vore gjennom omfattande saksbehandling og som har vore bandlagt i lang tid. Både av omsyn til verneverdiane og for å avklare sakene for aktuelle grunneigarar er det viktig med sluttføring for desse vernesakene.
Pilotprosjektet for frivillig vern i samarbeid med Noregs Skogeigarforbund har hatt høg prioritet i 2003 og 2004, og ein planlegg vernevedtak for slike område i 2005. I 2004 er det òg starta opp frivillige verneprosjekt for akuttsaker og for kystgranskog i Midt-Noreg, som vil bli vidareført i 2005. Departementet har sett i verk ein prosess for å vurdere vern etter naturvernlova av området Trillemarka-Rollag Østfjell, som er eitt av dei største gammalskogsområda som er att i Sør-Noreg. Det er lagt stor vekt på eit nært samarbeid med aktuelle kommunar og grunneigarar i planprosessen. I samband med salet av Saugbruksskogane til Vifor AS fekk staten høve til å kjøpe areal som er interessante for vern og makeskifte, og ein planlegg kjøp for vern av to areal. Desse areala grensar inn til to eksisterande verneområde, som er planlagt reviderte og utvida med innkjøpt areal.
I 2005 vil ein òg gjere dei første vedtaka om utvida skogvern på Statsskog SF-grunn. Det er òg planlagt utvida skogvern på statens eigedom Songli.
Posten skal dekkje utgifter til erstatning av dei økonomiske tapa eigarar og rettshavarar har ved barskogvern etter naturvernlova, jf. erstatningsreglane i lova. Erstatningar blir fastsette ved minnelege forhandlingar eller ved rettslege skjønn. Posten skal òg dekkje kjøp av skogområde som er verna eller føresett verna etter naturvernlova, og utgifter som staten som grunneigar har i samband med forvaltninga av innkjøpte eigedommar. Posten dekkjer vederlagsordning for område som er under vurdering for vern. Posten dekkjer òg utgifter til gjennomføring av makeskifteløysingar knytte til nytt vern.
Midlane på denne posten skal vidare dekkje andre utgifter som er knytte til gjennomføring av skogvernet, som registrering og vurdering av verneverdiar, informasjonstiltak, grensemerking, utarbeiding av forvaltningsplanar når dette er nødvendig for å fastsetje skjønnsføresetnadene, mv.
Midlane på posten vil i tillegg dekkje utbetaling av erstatningar knytte til Skjellingshovde og Fugglia som vart verna i 2004.
Den framlagde løyvinga på 57,2 mill. kroner for 2005 skal dekkje kostnader knytte til nytt vern. Det er òg behov for ei tilsegnsfullmakt på 47,7 mill. kroner til nytt vern, jf. Forslag til vedtak VI.
Det blir elles vist til nærare omtale av verneplanarbeidet under resultatområde 1 Berekraftig bruk og vern av biologisk mangfald.
Post 52 Overføring til barskogvern under Jordfondet
Midlane under posten er i hovudsak retta mot resultatområde 1 Berekraftig bruk og vern av biologisk mangfald.
I samband med revidert nasjonalbudsjett 2002 vart posten nytta til overføring av midlar til skogvern under Jordfondet, jf. St.prp. nr. 63 (2001-2002). Jordfondet er forvalta av Landbruksdepartementet. Vedtektene til fondet er endra slik at det òg omfattar erstatningar for vern og vederlag i påvente av vern av skogsområde etter naturvernlova, frivillige kjøp av eigedom som er eller skal vernast, kjøp av makeskifteareal i samband med vern, og dekkje utgifter knytte til gjennomføringa av vernet.
Tilsegnsfullmakta på 40 mill. kroner for 2004 vart nytta til vern av områda Skjellingshovde i Oppland og Fugglia i Hedmark. Det er ikkje planlagt nytt vern på posten i 2005.
Ein gjer framlegg om ei tilsegnsfullmakt knytt til oppfølging av vernet i 2004 på 32 mill. kroner, jf. Forslag til vedtak VI.
Post 70 Tilskot til kalking og lokale fiskeformål, kan overførast
Tilskotsordningane under denne posten rettar seg mot resultatområda 1 Berekraftig bruk og vern av biologisk mangfald og delar av resultatområde 7 Klimaendringar, luftforureining og støy.
Mål
Målsetjinga med tilskotsordninga er å redusere negative effektar på det biologiske mangfaldet i vassdrag som følgje av sur nedbør og andre alvorlege menneskeskapte trugsmål. Vidare skal tilskotsordninga nyttast til å avdekkje behov for nye tiltak eller gi grunnlag for innsats som kan redusere behovet for kalking i Noreg.
Kalkingsverksemda har i dei seinaste åra vore på eit stabilt nivå med om lag 3 000 lokale prosjekt og 24 elvekalkingsprosjekt. Tilførsla av sur nedbør har blitt sterkt redusert dei siste åra. Svovelnedfallet er redusert med om lag 65 pst. sidan 1980. Som følgje av denne utviklinga har Direktoratet for naturforvaltning gjennomgått kalkinga for å tilpasse verksemda til den aktuelle forsuringssituasjonen. Sjølv om det vil ta lang tid før utsleppsreduksjonane får full effekt, viser gjennomgangen at det no er grunnlag for å redusere omfanget av kalkinga i dei områda som blir kalka i dag. For å halde ved lag pågåande prosjekt kan ein i gjennomsnitt redusere kalkingsinnsatsen med om lag 4 pst. per år.
Ein gjer framlegg om å redusere løyvinga med 6 mill. kroner i 2005. Løyvinga vil bli disponert slik at ein sikrar dei oppnådde resultata i kalkingsprosjekt som er i gang. Det vil vere nødvendig å redusere noko på omfanget av tilknytte verksemder, under dette FoU, resultatkontroll og overvaking.
Tildelingskriterium
Tilskot kan gis til prosjekt i område der tolegrensa for menneskeskapt forsuring er overskriden. I tillegg vil bl.a. førekomst av organismar og fiskeslag som er følsame for forsuring bli vurdert ved prioritering av prosjekt. Prosjekt som er inkluderte i forslag til nasjonal handlingsplan for kalking og/eller fylkesvise planar for kalkingsverksemda blir prioriterte. Tilskot kan m.a. gis til kjøp, transport og spreiing av kalk og nødvendige installasjonar. Det blir òg gitt tilskot til tiltak innan fiskekultivering og andre tiltak for å styrkje fiskebestandane i kalka vassdrag og til utprøving av kalking og alternative tiltak i terrenget. Posten dekkjer òg informasjon om effektar av utførte tiltak og vegleiing om kalking i vatn og vassdrag. Delar av tilskotsordninga er bundne i langsiktige tiltak.
Tilskotsmottakarar er organiserte lag som jeger- og fiskarforeiningar, fiskarlag, grunneigarlag o.l., og kommunar.
Ved tildeling av midlar skal det stillast vilkår om at fiske i området blir opna for allmenta etter retningslinjer gitt av miljøstyresmaktene, og at søkjaren medverkar med ein viss eigeninnsats. Eigeninnsatsen kan vere delfinansiering, dugnadsarbeid, kultiveringstiltak o.a..
Tilskotsordninga blir forvalta dels av Direktoratet for naturforvaltning og dels av fylkesmennene.
Oppfølging og kontroll
Resultatkontroll og oppfølging skjer gjennom undersøkingar av vasskvalitet og biologiske forhold i dei kalka vassdraga. Resultata er positive. Fiskebestandar er reetablerte og sikra og biologisk mangfald er reetablert gjennom kalking. På Sørlandet har laksefisket hatt ei svært positiv utvikling i dei kalka elvane, og denne regionen er igjen blitt viktig for norsk villaks.
Post 72 Vederlag for rovviltskade, overslagsløyving
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Underpost | Nemning | Rekneskap 2003 | Saldert budsjett 2004 | Forslag 2005 |
72.1 | Vederlag for tap av bufe | 47.406 | 54.474 | 47.006 |
72.2 | Vederlag for tap av tamrein | 20.361 | 30.000 | 30.000 |
Sum post 72 | 67.767 | 84.474 | 77.006 |
Posten omfattar erstatningar for tap av bufe og tamrein. Midlane under posten er retta mot resultatområde 1 Berekraftig bruk og vern av biologisk mangfald. Posten er redusert med 7,5 mill. kroner då utbetalingane dei siste åra har vore mindre enn løyvingsnivået. Erstatningane kan variere frå år til år, bl.a. på grunn av naturgitte forhold. Løyvingsbehovet er slik sett vanskeleg å stipulere, og posten er derfor budsjettert som overslagsløyving.
Mål
Ordninga skal sikre full erstatning for dokumenterte og sannsynleggjorde rovviltskadar på bufe og tamrein slik dette er nedfelt i viltlova. Løyvinga på posten dekkjer erstatningar for rovviltskadar på bufe og tamrein valda av store rovdyr.
Tildelingskriterium
Erstatningar blir utbetalte i samsvar med forskrift fastsett i medhald av lov av 29. mai 1981 nr. 38 om viltet, § 12 a. Det blir vist til «Forskrift om erstatning for tap og følgeskader når husdyr blir drept eller skadet av rovvilt», fastsett 2. juli 1999 og «Forskrift om erstatning for tap og følgeskader når tamrein blir drept eller skadet av rovvilt», fastsett 4. mai 2001.
Oppfølging og kontroll
Erstatningssøknadene blir gått gjennom for å sikre at vilkåra for erstatning er oppfylte. Dokumentasjonen av skadane er betra etter kvart som innsatsen med bestandsregistrering og skadedokumentasjon er trappa opp i fylka. Skadedokumentasjonen er for heile landet no organisert i regi av Statens naturoppsyn.
Post 73 Førebyggjande og konfliktdempande tiltak i rovviltforvaltninga, kan overførast
Oppdelinga i underpostar er oppheva frå 2005. Midlane er retta mot resultatområde 1 Berekraftig bruk og vern av biologisk mangfald og omfattar førebyggjande og konfliktdempande tiltak i rovviltforvaltninga. Midlane kan òg nyttast til utviklingsarbeid med klar relevans til målet med posten.
Mål
Målet med tilskotsordninga er å førebyggje rovviltskadar i sauehald og tamreindrift gjennom å finansiere førebyggjande tiltak. Vidare skal midlane medverke til å dempe konfliktar med bjørn og ulv i lokalsamfunn.
For 2005 vil det bli lagt vekt på å føre vidare arbeidet med tiltak innan førebygging og konfliktdemping med utgangspunkt i Stortinget si behandling av St.meld. nr. 15 (2003-2004) Rovvilt i norsk natur, jf. Innst. S. nr. 174 (2003-2004). Det vil bli lagt vekt på ei effektivisering av arbeidet med førebyggjande tiltak gjennom satsing på kostnadseffektive fellestiltak.
Tildelingskriterium
For tilskot til førebyggjande og konfliktdempande tiltak gjeld særlege vilkår i kvart enkelt tilfelle. I tråd med føringane i rovviltpolitikken vil ein hovuddel av midlane bli kanalisert gjennom dei åtte nye regionale rovviltnemndene. Midlane skal nyttast til førebyggjande tiltak i sauehald og tamreindrift, til konfliktdempande tiltak retta mot lokalsamfunn og til ei vidareføring av forsøket med ein jaktleigeordning innanfor ulverevir, i tråd med Stortinget sine føresetnader.
Oppfølging og kontroll
Det blir utført ein generell formalia- og sannsynskontroll av rapportar frå tilskotsmottakarar om gjennomføring av tiltak og ressursforbruk.
Post 74 Tilskot til friluftslivstiltak, kan overførast.
Midlane under posten er retta mot resultatområde 2 Friluftsliv. Friluftslivets år blir arrangert i 2005. Friluftslivets fellesorganisasjon har fått i oppdrag å vere koordinerande organ for denne satsinga. I den samanhengen er løyvinga på posten auka med 5 mill. kroner. Auken skal gi barn og unge, særleg dei inaktive, funksjonshemma og barn av annan etnisitet, positive naturopplevingar og gode miljø- og helsevanar. Midlane skal fremje glede og dugleik gjennom tilbod om fysisk aktivitet i natur.
Mål
Målet med tilskotsordninga er å medverke til stimuleringstiltak og haldningsskapande arbeid for friluftsliv, under dette tiltak som styrkjer allmenta sine interesser. Posten skal òg dekkje drifta av dei regionale nettverka «Forum for natur og friluftsliv» (FNF).
Tildelingskriterium
I 2005 er tiltak retta inn mot markeringa av Friluftslivets år prioriterte.
Oppfølging og kontroll
Tilskotsmottakar blir følgt opp i forhold til at midlane blir nytta som føresett og at tiltak blir gjennomførte. Kontrollen overfor tilskotsmottakar går føre seg gjennom generell formalia- og sannsynskontroll av innsende rapporter.
Post 75 Internasjonale avtaler og medlemskap
Tilskotsordninga er primært knytt til ei rekkje arbeidsmål på resultatområde 1 Berekraftig bruk og vern av biologisk mangfald, men fleire arbeidsmål under resultatområde 8 er òg relevante.
Mål
Målet for tilskotsordninga er å støtte organisasjonane som er nemnde nedanfor i deira arbeid internasjonalt for vern av biologisk mangfald og berekraftig bruk av biologiske ressursar, og å gjere Direktoratet for naturforvaltning og andre delar av miljøforvaltninga i stand til å delta i det faglege internasjonale nettverket desse organisasjonane utgjer.
Tildelingskriterium
Posten skal dekkje utgifter til kontingent i samband med medlemskap i relevante internasjonale organisasjonar, under dette:
Federation of Nature and National Parks of Europe (FNNPE)
Conseil International de La Chasse (CIC)
Verdas naturvernunion (Government Agency member) – The World Conservation Union (IUCN)
Wetlands International (WI)
BirdLife International (BI)
Nordisk kollegium for viltforsking (NKV)
Den europeiske organisasjonen for bevaring av geologiarven (ProGEO)
Posten skal òg dekkje utgifter knytte til relevante oppfølgingsprosjekt i tilknyting til medlemskapen, slik som i den nordatlantiske laksevernorganisasjonen – North Atlantic Salmon Conservation Organisation (NASCO). Kontingenten til NASCO er dekt over kap. 1400 post 71.
Det skjer ei kontinuerleg vurdering av organisasjonen sine målsetjingar og kva nytte Direktoratet for naturforvaltning kan ha av medlemskapen.
Oppfølging og kontroll
Oppfølging skjer hovudsakleg i form av deltaking i og bidrag til møte i organisasjonane sine styrande organ, der det blir fatta avgjersler bl.a. om budsjett, kontingentar og økonomisk styring. Oppfølging av spesielle prosjekt skjer gjennom deltaking i referanse-, arbeids- eller styringsgrupper, ved kontakt med slike grupper, eller ved direkte kontakt med prosjektet.
Kontrollen skjer i hovudsak gjennom generell formalia- og sannsynskontroll av innsende prosjektrapportar og årsmeldingar, og av revisorstadfesta årsrekneskapar frå organisasjonane. I tillegg deltek Direktoratet for naturforvaltning på møte i organisasjonane sine styrande organ, der det blir fatta avgjersler bl.a. om budsjett, kontingentar og økonomisk styring.
Post 77 Tilskot til nasjonalparksenter, kan overførast.
Tilskotsordninga er i hovudsak retta mot resultatområda 1 Berekraftig bruk og vern av biologisk mangfald og 2 Friluftsliv. Tilskot på same nivå som i 2004, jf. framlegget for 2005, gjer det mogeleg å arbeide vidare med etableringa av nasjonalparksentra. Nasjonalparksenter er viktige i arbeidet med å gi informasjon og vegleiing til dei som besøkjer nasjonalparkane.
Utover dette gjer ein framlegg om å auke posten med 1 mill. kroner til norske verdsarvområde med viktige naturverdiar. Denne delen av løyvinga er primært retta mot resultatområde 1 Berekraftig bruk og vern av biologisk mangfald, men omfattar òg resultatområde 2 Friluftsliv og resultatområde 3 Kulturminne og kulturmiljø. Midla må sjåast i samanheng med midlar til dei norske verdensarvområda under kap. 1429 post 72.
Ein gjer framlegg om ei tilsegnsfullmakt knytt til nasjonalparksenter på 2 mill. kroner, jf. Forslag til vedtak VI.
Mål
Målet med tilskotsordninga er å sikre etablering og drift av nasjonalparksenter ved eksisterande og framtidige nasjonalparkar jf. omtale under resultatområde 1. Nasjonalparksentra sin hovudfunksjon er å formidle informasjon om natur- og kulturverdiar og medverke til ei god forvaltning av nasjonalparkane. Nasjonalparksenter er viktige i arbeidet med å gi informasjon og vegleiing til dei som besøkjer nasjonalparkane. Det blir arbeidd med ein ny strategi for statleg medverknad i nasjonalparksentra.
Når det gjeld verdsarvområda, er målet med tilskotsordninga ei berekraftig forvaltning av norske verdsarvområde med viktige naturverdiar.
Tildelingskriterium
Tilskot blir gitt til forprosjektering og etableringskostnader for nye nasjonalparksenter, og tiltak innan informasjonsformidling og kompetanseutvikling ved eksisterande senter. Tilskot vil gå til å arbeide vidare med etableringa av dei 5 nasjonalparksentra som enno ikkje er ferdigbygde (Reisa, Saltdal, Lierne, Røros/Elgå og Rosendal).
Midlane til verdsarvområde skal gå til å følgje opp forvaltinga av slike område i Noreg som har viktige naturverdiar. Vegaøyane er tekne inn på UNESCOs verdsarvliste i 2004. Det vestnorske fjordlandskapet med Geirangerfjorden og Nærøyfjorden er nominert til lista i 2004. Arbeidet med nominering av Lofoten har starta. Mottakarar er i hovudsak organisasjonar som arbeider med oppfølging av verdsarvområda.
Oppfølging og kontroll
Resultatkontroll og oppfølging skjer ved at tilskotsmottakarane leverer sluttrapportar og -rekneskap og eventuelt framdriftsrapportar med rekneskap. Det blir utført ein generell formalia- og sannsynskontroll av rapportane og rekneskapane. Det blir òg nytta stikkprøvekontroll, bl.a. ved gjennomsyn av utstillingar og informasjonsmateriell som det er gitt støtte til.
I høve til verdsarvområda blir tilskotsmottakar følgt opp i forhold til at midlane blir nytta som føresett og at tiltak blir gjennomførte. Kontrollen overfor tilskotsmottakar går føre seg gjennom generell formalia- og sannsynskontroll av innsendte rapporter.
Post 78 Friluftsrådas landsforbund og interkommunale friluftsråd, kan overførast
Midlane under posten er retta mot resultatområde 2 Friluftsliv.
Mål
Målet med tilskotsordninga er å styrkje allmenta sine interesser for friluftslivet gjennom det arbeidet som skjer i Friluftsrådas Landsforbund (FL), som er paraplyorganisasjonen for dei interkommunale friluftsråda. FL vart oppretta 1986, er i jamn vekst, og har i dag 18 tilslutta interkommunale friluftsråd som til saman dekkjer 164 kommunar med ca. 63 pst. av befolkninga i landet.
Tildelingskriterium
Tilskotsordninga har to formål. For det første skal ordninga gi grunnstøtte til FL (jf. at andre miljøvernorganisasjonar får grunnstøtte over kap. 1400 post 70) og dei interkommunale friluftsråda. Vidare er den retta mot praktiske friluftslivstiltak i deira regi. FL står for organisering av arbeidet med sikring, tilrettelegging og skjøtsel av friluftslivsområde på vegner av det offentlege.
Oppfølging og kontroll
Tilskotsmottakar blir følgt opp i forhold til at midlane blir nytta som føresett og at tiltak blir gjennomførte. Kontrollen overfor tilskotsmottakar skjer ved gjennomgang av rapportar som blir leverte til fastsette tidspunkt. Rapportering i forhold til bruk av tilskotsmidlar blir òg tekne opp i årlege møte med Friluftsrådas Landsforbund.
Kap. 4427 Direktoratet for naturforvaltning (jf. kap. 1427)
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2003 | Saldert budsjett 2004 | Forslag 2005 |
01 | Ymse inntekter | 8.202 | 7.535 | 6.791 |
09 | Internasjonale oppdrag | 4.955 | 1.830 | 1.892 |
15 | Refusjon arbeidsmarknadstiltak | 254 | ||
16 | Refusjon av fødselspengar/ adopsjonspengar | 591 | ||
18 | Refusjon av sjukepengar | 1.255 | ||
40 | Inntekter frå sal av makeskifteareal | 1.922 | ||
54 | Gebyr | 2.269 | 2.300 | 2.300 |
Sum kap. 4427 | 19.449 | 11.665 | 10.983 |
Post 01 Ymse inntekter
Under posten blir bl.a. ført inntekter ved sal av Direktoratet for naturforvaltning sine rapportar og andre produkt og oppdragsinntekter. Dei tilsvarande utgiftene er budsjetterte under kap. 1427 post 01. I tillegg blir her inntektsført refusjon frå kap. 1425 til dekning av direktoratet sine utgifter over kap. 1427 post 01 til forvaltning av tilskotspostane på kap. 1425 og fondsforvaltninga av Viltfondet og Statens fiskefond med 4,5 mill. kroner. Dette er i samsvar med ein fleirårig praksis.
Posten er nedjustert med 1 mill. kroner i tråd med venta inntekter, og utgiftene under kap. 1427 post 01 er redusert tilsvarande.
Løyvinga under kap. 1427 post 01 kan overskridast mot tilsvarande meirinntekter under denne posten, jf. Forslag til vedtak II nr. 1.
Post 09 Internasjonale oppdrag
Inntektene under posten skal finansiere dei tilsvarande utgiftene til verksemd tilknytt kompetansenettverket i samband med miljøretta bistand og bilateralt miljøsamarbeid. Dei tilsvarande utgiftene er budsjetterte på kap. 1427 post 21. Løyvinga under kap. 1427 post 21 kan overskridast mot tilsvarande meirinntekter under denne posten, jf. Forslag til vedtak II nr. 1.
Post 54 Gebyr
Inntektene på denne posten skal dekkje utgiftene til den obligatoriske jegerprøven som vart sett i verk frå 1. april 1986.
Kvar jeger som går opp til prøven må betale eit eksamensgebyr på kr 200. Gebyrinntektene skal dekkje dei tilsvarande utgiftene under kap. 1427 post 21 til å drive eksamensordninga. Det budsjetterte beløpet er basert på den venta årlege tilgangen på nye jegerar.
På denne posten blir det budsjettert inntekter frå merkjegebyr. Frå 1. januar 2005 blir det etablert merkje- og registreringsplikt for dødt vilt som tilfell Viltfondet, sjå vedlegg (artsliste) til forskrift 18. juni 2004 nr. 913 om ivaretaking av dødt vilt. Dei som vil overta merkepliktig vilt (spissmus, flaggermus, bjørn, fjellrev, gaupe, jerv, ulv, nokre fuglearter mv.) frå Viltfondet skal betale eit gebyr. Gebyret er sett til kr 400 per individ. Innbetalte gebyr skal nyttast til etablering og drift av ein sentral database for å ivareta informasjon om individa, og til å gjennomføre kostnadsfri ettermerking for allereie preparerte individ. Desse utgiftene blir dekte over kap. 1427 post 21.
Løyvinga under kap. 1427 post 21 kan overskridast mot tilsvarande meirinntekter under denne posten, jf. Forslag til vedtak II nr. 1.
Programkategori 12.30 Kulturminne og kulturmiljø
Løyvingane under programkategori 12.30 høyrer i hovudsak inn under resultatområde 3 Kulturminne og kulturmiljø. Det blir vist til innleiinga i del 2 der det er gjort greie for budsjettvise endringar i 2005 innanfor resultatområdet.
Satsinga på kulturminneområdet held fram for å hindre tap av kulturminne og ta vare på kulturminna som bruksressursar og som grunnlag for oppleving. Budsjettmidla til kulturminneformål blir hovudsakleg budsjetterte på programkategori 12.30. Den prosentvise endringa mellom saldert budsjett 2004 og forslag 2005 går fram av tabellen under og utgjer om lag 5,9 pst.
I budsjettet for 2005 prioriterer Regjeringa særleg å betre rammevilkåra for dei private eigarane. Dette ved å auke dei samla tilskotsmidlane som blir fordelte til private eigarar under budsjettet til Riksantikvaren kap. 1429 post 72 Vern og sikring av freda og verneverdige kulturminne og kulturmiljø. Denne posten aukar i 2005 med om lag 17,5 mill. kroner samanlikna med saldert budsjett for 2004.
Innanfor denne satsinga er det gjort ei spesiell prioritering av tilskota til betre vern og sikring av freda og bevaringsverdige bygningar og anlegg, og desse tilskota aukar med om lag 3,5 mill. kroner samanlikna med 2004.
Regjeringa vil innanfor auken på post 72 trappe opp den særlege satsinga på nasjonalt viktige og prioriterte kulturminne, som istandsetjing og sikring av stavkyrkjene og verdifull kyrkjekunst i desse. Det er sett av 3 mill. kroner meir til desse føremåla samanlikna med 2004. Regjeringa legg òg opp til betre brannsikring av stavkyrkjene, og post 73 Brannsikring og beredskapstiltak blir auka med 2 mill. kroner.
I 2005 blir det òg innanfor auken på post 72 foreslått avsett 3,5 mill. kroner meir til bevaring av nasjonalt viktige ruinar, og arbeidet med borgruinen Steinvikholm vil blant anna bli vidareført. Dei samla midlane som blir avsette til å dekkje statlege plikter knytte til dekning av kostnader ved arkeologiske utgravingar grunna mindre private tiltak, aukar med 1,5 mill kroner samanlikna med tidlegare år.
Regjeringa vil i 2005 leggje auka vekt på verdiskaping i kystsona og foreslår 6 mill. kroner meir i tilskot til konkrete istandsetjingsprosjekt av faste kulturminne langs kysten og til å stimulere til verdiskaping gjennom ny bruk av kulturminna. Den særskilte satsinga på verdsarvsområda, bl.a. Bergstaden Røros og Bryggen i Bergen og dei nye nominasjonane til lista, blir ført vidare i budsjettet for 2005.
Utgifter under programkategori 12.30 fordelte på kapittel
(i 1 000 kr) | |||||
---|---|---|---|---|---|
Kap. | Nemning | Rekneskap 2003 | Saldert budsjett 2004 | Forslag 2005 | Pst. endr. 04/05 |
1429 | Riksantikvaren (jf. kap. 4429) | 236.069 | 223.280 | 237.313 | 6,3 |
1432 | Norsk kulturminnefond (jf. kap. 4432) | 6.553 | 13.000 | 13.000 | 0,0 |
Sum kategori 12.30 | 242.622 | 236.280 | 250.313 | 5,9 |
Kap. 1429 Riksantikvaren (jf. kap. 4429)
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2003 | Saldert budsjett 2004 | Forslag 2005 |
01 | Driftsutgifter | 76.114 | 72.093 | 76.576 |
21 | Spesielle driftsutgifter , kan nyttast under postane 72 og 73 | 41.293 | 24.050 | 22.650 |
50 | Tilskot til Samisk kulturminnearbeid | 2.000 | 2.000 | 2.000 |
72 | Vern og sikring av freda og verneverdige kulturminne og kulturmiljø , kan overførast, kan nyttast under post 21 | 93.776 | 92.780 | 110.230 |
73 | Brannsikring og beredskapstiltak , kan overførast, kan nyttast under post 21 | 3.177 | 8.953 | 10.953 |
74 | Fartøyvern , kan overførast | 19.410 | 19.004 | 14.004 |
75 | Internasjonalt samarbeid , kan overførast | 300 | 900 | 900 |
76 | Den nordiske verdsarvstiftelsen | 3.500 | ||
Sum kap. 1429 | 236.069 | 223.280 | 237.313 |
Rolle og oppgåver for Riksantikvaren
Riksantikvaren er direktorat for kulturminneforvaltning og Miljøverndepartementet sin rådgivande og utøvande faginstans for forvaltning av kulturminne og kulturmiljø. Riksantikvaren skal medverke fagleg til departementet sitt arbeid med kulturminnevern. Riksantikvaren skal rette sin innsats og sine verkemiddel mot nasjonalt viktige kulturminne, som stavkyrkjene og andre mellomalderminne. Han skal vidare rette innsatsen mot eigarar av freda bygningar og anlegg og prioritere viktige satsingsområde som kystkultur og verdsarvområda. Riksantikvaren har ei viktig rolle i høve til å stimulere eigarar og næringsliv til auka verneinnsats og verdiskaping. Direktoratet har òg ein rådgivande funksjon overfor anna offentleg forvaltning, allmenta og næringslivet.
I saker der Riksantikvaren utøver mynde etter særlov, skal både kulturminnefaglege og andre samfunnsomsyn leggjast til grunn for avgjerdene. Riksantikvaren har ansvaret for å gjennomføre den statlege kulturminnepolitikken, og har i den samanhengen eit overordna fagleg ansvar for fylkeskommunane, forvaltningsmusea, Sysselmannen og Sametinget sitt arbeid som regionale styresmakter for kulturminne. Riksantikvaren skal gjennom tilretteleggings- og stimuleringstiltak medverke til at kommunane tek omsyn til kulturminne og kulturmiljø som viktige element og ressursar i sine omgivnader. Riksantikvaren skal formidle kontakt mellom norske og internasjonale fagmiljø, representere norske styresmakter i relevante internasjonale organ og sjå til at folkerettsleg bindande avtaler om kulturminnevern blir etterlevde.
Riksantikvaren har utarbeidd serviceerklæringar overfor bl.a. eigarar av freda bygningar og anlegg.
Post 01 Driftsutgifter
Posten dekkjer lønn og godtgjersler til faste og mellombels tilsette, husleige, oppvarming, IT, reiseverksemd, informasjonstiltak og andre driftsutgifter for Riksantikvaren. Posten dekkjer òg kjøp av konsulenttenester i samband med faglege prosjekt/utgreiingar. Vidare dekkjer posten utgifter knytte til deltaking i kompetansenettverket for miljøretta bistand og anna oppdragsverksemd. Dei tilsvarande inntektene blir førte under kap. 4429 respektive post 02 og 09. Løyvinga på posten kan overskridast mot tilsvarande meirinntekter under dei to nemnde inntektspostane, jf. Forslag til vedtak II nr. 1.
For 2005 er posten foreslått auka. Dette med bakgrunn i ei nødvendig forsterking av driftsbudsjettet til Riksantikvaren grunna nye oppgåver og behovet for auka fokusering på oppfølging av viktige nasjonale oppgåver. Midlane er i hovudsak omdisponerte frå post 21. Ein stor del av auken på posten kjem òg av kompensasjon for auka lønnsutgifter i 2005 som følgje av verknadene av lønnsoppgjeret i 2004.
Post 21 Spesielle driftsutgifter, kan nyttast under postane 72 og 73
Posten dekkjer kostnader ved tiltak på freda og verneverdige kulturminne og kulturmiljø, bl.a. når Riksantikvaren står som tiltakshavar og gjennomfører tiltaket for eigar. Midlane på post 21 må sjåast i samanheng med midlane som er budsjetterte under tilskotspostane 72 og 73.
Posten dekkjer òg utgifter til innhenting av kunnskap og utviklingsarbeid, bl.a. om metodar for teknisk vedlikehald og skjøtsel av ulike typar kulturminne. Midlane blir nytta til kjøp av tenester frå bl.a. forvaltningsmusea og NIKU. I likskap med 2004 vil nokre midlar under posten også i 2005 bli nytta til kjøp av vedlikehald- og istandsetjingstenester for bygningar som Riksantikvaren sjølv har eit eigaransvar for. I 2005 vil Riksantikvaren starte arbeidet med sikring og restaurering av Hove kyrkje. Det vil òg bli sett i verk tiltak på andre bygningar som Riksantikvaren har eigaransvar for.
I tillegg dekkjer posten drift av kulturminnebasen. Databasen skal ha opplysningar om kva slag kulturminne som finst, kor dei er og kva vernestatus dei har, og vil kunne formidle kunnskap om kulturminneverdiane til bl.a. forvaltninga, lokalsamfunn, eigarar og andre interesserte.
Posten er for 2005 foreslått noko redusert på grunn av ei teknisk omdisponering av midlar til post 01, jf. omtalen under denne posten.
Post 50 Tilskot til Samisk kulturminnearbeid
Tilskotsordninga skal ivareta dei overordna kulturminnefaglege omsyna i arbeidet med samiske kulturminne og kulturmiljø. Midlane skal i hovudsak nyttast til større vedlikehalds- og restaureringsarbeid, og blir stilte til disposisjon for Sametinget.
Post 72 Vern og sikring av freda og verneverdige kulturminne og kulturmiljø, kan overførast, kan nyttast under post 21
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Underpost | Nemning | Rekneskap 2003 | Saldert budsjett 2004 | Forslag 2005 |
72.2 | Vern og sikring av freda og bevaringsverdige bygningar og anlegg | 31.057 | 21.417 | 24.867 |
72.3 | Vern og sikring av bygningar og anlegg frå mellomalderen | 9.177 | 14.457 | 20.957 |
72.4 | Kystkultur | 25.132 | 12.100 | 18.100 |
72.5 | Kulturlandskap | 1.226 | 1.280 | 1.280 |
72.6 | Skjøtsel av automatisk freda kulturminne | 947 | 7.308 | 8.808 |
72.7 | Fartøyvernsentra | 3.550 | 3.550 | |
72.8 | Tekniske og industrielle kulturminne | 16.902 | 14.702 | 14.702 |
72.9 | World Heritage List, nasjonale oppgåver | 9.335 | 17.966 | 17.966 |
Sum post 72 | 93.776 | 92.780 | 110.230 |
Alle tilskotsordningane under denne posten rettar seg mot resultatområde 3 Kulturminne og kulturmiljø. Posten blir nytta til tiltak som fører til forvaltning, vern og sikring av freda og verneverdige kulturminne, kulturmiljø og verdifulle landskap. Dette kan skje gjennom direkte tilskot til eigarar eller forvaltarar av slike kulturminne, kulturmiljø og landskap. Ved større tiltak er det ofte både føremålstenleg og økonomisk mest gunstig at Riksantikvaren eller fylkeskommunane i staden for eigar/forvaltar av kulturminnet, kulturmiljøet eller landskapet står for iverksetjing og gjennomføring av tiltaka. Det skjer ved at Riksantikvaren eller fylkeskommunane kjøper tenestene og følgjer opp arbeidet. Tiltaket kjem i desse tilfella eigarane/forvaltarane til gode, men kostnadene blir rekneskapsførte som driftsutgifter over post 21, jf. omtale under post 21.
For 2005 er posten foreslått auka for å styrkje innsatsen knytt til å betre rammevilkåra for dei private eigarane av freda og bevaringsverdige bygningar og anlegg. Tilskota til dette føremålet aukar med om lag 3,5 mill. kroner, jf. underpost 72.2. I tillegg blir det avsett 3 mill. kroner meir til bevaring av stavkyrkjene jf. stavkyrkjeprogrammet, og til sikring av verdifull kyrkjekunst i desse kyrkjene, jf. underpost 72.3. Innanfor ramma av denne underposten vil det òg bli avsett midlar til arbeidet med besøkssenteret ved Borgund stavkyrkje. Dette skjer i samarbeid med Kultur- og kyrkjedepartementet. Det er òg innarbeidd 3,5 mill. kroner meir på underposten til bevaring av viktige ruinar. Innanfor ramma av denne underposten vil det også bli avsett midlar til vidareføring av det langsiktige arbeidet med borgruinen Steinvikholm. Regjeringa foreslår vidare å styrkje innsatsen til dekning av kostnader for private eigarar grunna arkeologiske utgravingar ved mindre private tiltak. Det er innarbeidd 1,5 mill. kroner meir til dette føremålet i 2005, jf. underpost 72.6. Denne underposten vil i 2005 òg dekkje midlar til tilskot til Kaupangundersøkingane for å gjere desse betre kjende i Noreg og i utlandet. Sistnemnde skjer i samarbeid med Utdannings- og forskingsdepartementet og Kultur- og kyrkjedepartementet.
For 2005 vil Regjeringa leggje auka vekt på verdiskaping i kystsona og foreslår 6 mill. kroner meir til arbeidet med kystkultur, jf. underpost 72.4. Tilskotsmidlane vil dels bli brukte til konkrete istandsetjingstiltak på faste kulturminne langs kysten og dels til å stimulere til verdiskaping i kystsona gjennom ny bruk av desse kulturminna.
Den auka innsatsen i 2004 for å styrkje arbeidet med verdsarvområda blir ført vidare i 2005. Det visast i denne samanhenga til omtala på kap. 1427 post 77 Tilskot til nasjonalparksenter, der det er sett av 1 mill. kroner til verdsarvområda.
Det er foreslått ei tilsegnsfullmakt under posten på 8,5 mill. kroner, jf. Forslag til vedtak VI.
Underpost 72.2 Vern og sikring av freda og bevaringsverdige bygningar og anlegg
Mål
Målet med tilskotsordninga er å følgje opp dei statlege forpliktingane i § 15a i kulturminnelova. Det vil seie å gi heilt eller delvis vederlag til eigarar av freda kulturminne til fordyrande arbeid som følgjer av vilkår for dispensasjon. Tilskotsordninga skal òg dekkje andre viktige vedlikehalds- og restaureringstiltak på kulturminne av nasjonal verdi. Målgruppa for ordninga er eigarar og forvaltarar av freda eller verneverdige kulturminne og kulturmiljø.
Underposten dekkjer tilskot til freda bygningar og anlegg. Dette er for ein stor del bygningar og anlegg i privat eige, f.eks. bustader og bygardar, husmannsplassar, andre gards- og driftsbygningar, andre næringsbygg osv. Ein vesentleg del av løyvinga blir fordelt til eigarar av freda bygningar og anlegg via fylkeskommunane. Desse tilskota er foreslått auka med om lag 3,5 mill. kroner for 2005.
Kriterium for måloppnåing
om midlane går til dekning av fordyrande vilkår sett ut frå antikvariske omsyn, jf. § 15 i kulturminnelova
om tiltaka blir gjennomførte etter antikvariske retningslinjer og i samsvar med eventuelle andre retningslinjer frå fylkeskommunen og/eller Riksantikvaren
Tildelingskriterium
Eigarar av freda bygningar og anlegg har krav på tilskot til heil eller delvis dekning av kostnader som skuldast fordyrande vilkår sett av kulturminnestyresmaktene, i samband med dispensasjon frå fredingsvedtak. Ved tildeling av tilskot til større vedlikehalds- og restaureringsarbeid på kulturminne av nasjonal verdi, blir det lagt vekt på utvikling av handverkskompetanse, vidareføring av tradisjonell handverksteknikk og materialbruk, og utvikling og gjennomføring av spesielle konserveringsoppgåver.
Det meste av tilskotsmidlane blir fordelt etter søknad til private eigarar og forvaltarar av freda eller verneverdige kulturminne og kulturmiljø. For å få tilskot er det ein føresetnad at tiltaket fell inn under måla for ordninga. Ved fordeling av tilskot skal Riksantikvaren og fylkeskommunen innanfor dei disponible budsjettmidla på underposten utføre ei samla fagleg vurdering av den kulturhistoriske verdien og betydninga tiltaka har i forhold til målet for tilskotsordninga.
Riksantikvaren kan også sjølv prioritere og initiere oppgåver og tiltak innanfor særlege satsingsfelt.
Oppfølging og kontroll
Kontrollen skjer ved ein generell formalia- og sannsynskontroll av rekneskap og sluttrapport frå tilskotsmottakaren. I spesielle tilfelle er det òg aktuelt med kontroll på staden av Riksantikvaren eller fylkeskommunen for å sjå til at tiltak er gjennomførte etter antikvariske retningslinjer og andre føresetnader for tilskotet.
Underpost 72.3 Vern og sikring av bygningar og anlegg frå mellomalderen
Mål
Tilskotsordninga skal medverke til å verne og sikre automatisk freda bygningar og ruinar frå middelalderen, under dette stavkyrkjene. Målgruppa for ordninga er eigarar og forvaltarar av disse kulturminna.
Underposten omfattar tilskot til bygningar og anlegg som er automatisk freda etter kulturminnelova, og er eit høgt prioritert område. Midlane blir nytta til tilskot til det fleirårige stavkyrkjeprogrammet for å setje stavkyrkjene i bygningsmessig god stand. Utover dette dekkjer underposten tilskot til steinkyrkjer og ruinar.
For 2005 er underposten foreslått auka med til saman 6,5 mill. kroner. Av dette skal 3 mill. kroner nyttast til ei forsering av arbeidet med stavkyrkjeprogrammet. Dette omfattar òg tiltak for konservering og sikring av den verdifulle kyrkjekunsten i desse kyrkjene. Resten av foreslått auke på 3,5 mill. kroner vil bli brukt til auka innsats for bevaring av nasjonalt viktige ruinar.
Løyvinga for 2005 dekkjer òg tilskotsmidlar til arbeidet med eit besøkssenter ved Borgund stavkyrkje og vidareføring av arbeidet med restaurering av borgruinen Steinvikholm.
Kriterium for måloppnåing
om tiltaka blir gjennomførte etter antikvariske retningslinjer og i samsvar med eventuelle andre retningslinjer frå Riksantikvaren
Tildelingskriterium
Tilskotsmidlane blir nytta til større vedlikehalds- og restaureringsarbeid på bygningar og anlegg som er automatisk freda etter kulturminnelova. Tilskotsmidlane blir fordelte etter søknad til private eigarar og forvaltarar av desse kulturminna. For å få tilskot er det ein føresetnad at tiltaket fell inn under målet for ordninga. Ved fordeling av tilskot skal Riksantikvaren innanfor dei disponible budsjettmidla på underposten utføre ei samla fagleg vurdering av den kulturhistoriske verdien og betydninga tiltaka har i forhold til målet for tilskotsordninga.
Riksantikvaren kan også sjølv prioritere og initiere oppgåver og tiltak innanfor særlege satsingsfelt.
Oppfølging og kontroll
Oppfølging og kontroll skjer ved ein generell formalia- og sannsynskontroll av rekneskap og sluttrapport frå tilskotsmottakaren. I enkelte tilfelle skjer det òg ved kontroll av om kulturminnet er sikra og sett i stand etter antikvariske retningslinjer.
Underpost 72.4 Kystkultur
Mål
Tilskotsordninga skal medverke til å sikre og setje i stand eit representativt utval faste kulturminne langs kysten. Målgruppa for ordninga er eigarar og forvaltarar slike kulturminne.
Underposten dekkjer tilskot til istandsetjing av bygningar og anlegg og andre faste kulturminne med tilknyting til kysten, eksempelvis kulturminne knytte til sjøfart, fiske, handel, kommunikasjon, kombinasjonsbruk, rekreasjon osv. For 2005 er underposten foreslått auka med 6 mill. kroner. Midlane vil bli brukt til auka tilskot til konkrete istandsetjingstiltak på faste kulturminne langs kysten og dels til å stimulere til verdiskaping i kystsona gjennom ny bruk av desse kulturminna.
Kriterium for måloppnåing
om tiltaka blir gjennomførte etter antikvariske retningslinjer og i samsvar med eventuelle andre retningslinjer frå Riksantikvaren og/eller fylkeskommunen
Tildelingskriterium
Tilskotsmidlane blir nytta til større istandsetjingsarbeid på bygningar og anlegg og andre faste kulturminne med tilknyting til kysten. Tilskotsmidlane blir fordelte etter søknad til private eigarar og forvaltarar av desse kulturminna. For å få tilskot er det ein føresetnad at tiltaket fell inn under målet for ordninga. Ved fordeling av tilskot skal Riksantikvaren, ev. fylkeskommunen, innanfor dei disponible budsjettmidlane utføre ei samla fagleg vurdering av dei kulturhistoriske verdiane og betydninga tiltaka har i forhold til målet for tilskotsordninga, under dette også effektar knytt til verdiskapning i kystsona lokalt og regionalt.
Riksantikvaren kan også sjølv prioritere og initiere oppgåver og tiltak innanfor særlege satsingsfelt.
Oppfølging og kontroll
Kontrollen skjer ved generell formalia- og sannsynskontroll av rekneskap og sluttrapport med fotografi frå tilskotsmottakaren. I spesielle tilfelle er det òg aktuelt med kontroll på staden av Riksantikvaren eller fylkeskommunen, for å sjå til at kulturminnet er sikra og sett i stand etter antikvariske retningslinjer.
Underpost 72.5 Kulturlandskap
Mål
Tilskotsordninga skal medverke til å ta vare på verdifulle kulturmiljø. Målgruppa for ordninga er eigarar og forvaltarar av slike område.
Underposten blir nytta til skjøtsel av kulturmiljø som er freda etter Kulturminnelova, eller andre viktige kulturmiljø.
Kriterium for måloppnåing
om tiltaka medverkar til å sikre at dei kulturhistoriske verdiane i freda og andre særleg verdifulle kulturmiljø blir tekne vare på
Tildelingskriterium
Tilskotsmidlane blir nytta til skjøtsel av kulturmiljø som er freda etter Kulturminnelova eller andre viktige kulturmiljø. Tilskotsmidlane blir fordelte etter søknad til private eigarar og forvaltarar av desse områda. For å få tilskot er det ein føresetnad at tiltaket fell inn under målet for ordninga. Ved fordeling av tilskot skal Riksantikvaren innanfor disponible budsjettmidlar utføre ei samla fagleg vurdering av tiltaka i forhold til målet for tilskotsordninga.
Riksantikvaren kan også sjølv prioritere og initiere oppgåver og tiltak innanfor særlege satsingsfelt.
Oppfølging og kontroll
Oppfølging og kontroll skjer ved ein generell formalia- og sannsynskontroll av rapportar og rekneskap. Fagleg oppfølgingsansvar kan leggjast til fylkeskommunen og Sametinget.
Underpost 72.6 Skjøtsel av automatisk freda kulturminne
Mål
Tilskotsordninga skal medverke til å ta vare på eit representativt utval arkeologiske kulturminne, under dette sikring av bergkunst og tilskot til tiltakshavarar i høve til kulturminnelova § 10.
Midlane blir nytta til å dekkje tilskot til skjøtsel av arkeologiske kulturminne. Midlar til Bergkunstprosjektet blir òg dekte her. I samsvar med den opphavlege prosjektplanen er målet å sikre 300 lokalitetar. Sikring i denne samanhengen inneber dokumentasjon av biletmaterial og tilstand, og utarbeiding av planar for vidare skjøtsel og konservering. I tillegg blir det drive forsking på nedbrytingsårsaker, og forsøk med metodar for å forseinke eller avgrense nedbrytinga. Til no er om lag 250 lokalitetar sikra på denne måten. Underposten dekkjer i 2005 òg tilskot til Kaupangprosjektet for å gjere resultata av undersøkingane kjende i Noreg og utlandet.
I tillegg dekkjer underposten tilskot til tiltakshavarar i høve til kulturminnelova §10. For 2005 er tilskotsmidlane til dette formålet foreslått auka med 1,5 mill. kroner.
Tildelingskriterium
Tilskotsmidlane for å ta vare på dei arkeologiske kulturminna, under dette eit utval bergkunstlokalitetar, blir fordelte etter søknad til private eigarar og forvaltarar av kulturminna. For å få tilskot er det ein føresetnad at tiltaket fell inn under målet for ordninga. Ved fordeling av tilskot skal Riksantikvaren innanfor disponible budsjettmidlar utføre ei samla fagleg vurdering av tiltaka i forhold til målet for tilskotsordninga.
Riksantikvaren kan også sjølv prioritere og initiere oppgåver og tiltak innanfor særlege satsingsfelt.
I samband med mindre private tiltak har tiltakshavar krav på heil eller delvis dekning for utgifter som følgjer av særskilt gransking av automatisk freda kulturminne eller særskilte tiltak for å verne desse, gitt at utgiftene er å sjå på som urimeleg tyngande for tiltakshavaren.
Oppfølging og kontroll
Oppfølging av tiltaket skjer ved kontroll av om tiltak blir gjennomførte i samsvar med faglege kriterium for tilskotet. Vidare ved generell formalia- og sannsynskontroll av rekneskap og sluttrapport frå tilskotsmottakaren.
Underpost 72.7 Fartøyvernsentra
Mål
Medverke til drift og oppgradering av Nordnorsk fartøyvernsenter og båtmuseum, Hardanger fartøyvernsenter og Bredalsholmen dokk og fartøyvernsenter.
Underposten dekkjer driftstilskot til fartøyvernsentra for å dekkje sentra sine utgifter til forsking og dokumentasjon. Noko av tilskotsmidlane vil òg kunne nyttast til investeringar i anlegga deira.
Kriterium for måloppnåing
om tilskotet medverkar til at dei 3 utvalde fartøyvernsentra kan fungere som kompetansesenter for restaurering og vedlikehald av fartøy, under dette om tilskotet medverkar til å ivareta fellestenester knytte til dokumentasjon og forsking, fagleg rådgiving og liknande
Tildelingskriterium
Tilskotsmidlane blir fordelt etter søknad frå dei 3 utvalde fartøyvernsentra. Storleiken på det samla tilskotet til det enkelte fartøyvernsenter skal innanfor disponible budsjettmidlar fastsetjast etter ei fagleg vurdering frå Riksantikvaren av den enkelte søknaden, og av behovet og venta miljøfaglege resultat som er synleggjort i denne.
Oppfølging og kontroll
Generell formalia- og sannsynskontroll av revidert årsrekneskap og årsmelding frå fartøyvernsentra.
Underpost 72.8 Tekniske og industrielle kulturminne
Mål
Målet med tilskotsordninga er å medverke til å sikre og setje i stand og medverke til drift av følgjande 10 utvalde anlegg:
Fetsund lenser/Fetsund lensemuseum
Sjølingstad Uldvarefabrikk
Klevfoss Cellulose- & Papirfabrikk
Nes Jernverksmuseum
Norsk Vassdrags- og Industristadmuseum (Tyssedal kraftanlegg)
Norsk Fiskeriindustrimuseum/Neptun sildoljefabrikk
Spillum Dampsag & Høvleri
Norsk Trikotasjemuseum og Tekstilsenter
Folldal gruver
Kistefos Museet
Dei 10 tekniske og industrielle kulturminna er valt ut for spesiell oppfølging, og tilskot til istandsetjing og vedlikehald av dei 10 anlegga blir gitt over denne underposten. Underposten blir i avgrensa grad òg nytta til å gi tilskot til enkelte andre anlegg. Prioriteringa av Tyssedal kraftanlegg vil stå ved lag med sikte på å fullføre istandsetjinga av kraftstasjonen i 2005. Anlegga får òg tilskot til museumsdrift. Dette blir dekt over kap. 328, post 70 Det nasjonale museumsnettverket på Kultur- og kyrkjedepartementet sitt budsjett. Desse midlane blir fordelte av fylkeskommunane.
Kriterium for måloppnåing
om dei 10 utvalde anlegga er sikra og sette i stand
Tildelingskriterium
Tilskotsmidlane til å sikre og setje i stand eit representativt utval tekniske og industrielle kulturminne blir fordelte etter søknad til private eigarar og forvaltarar av desse kulturminna. For å få tilskot er det ein føresetnad at tiltaket fell inn under målet for ordninga. Ved fordeling av tilskot skal Riksantikvaren innanfor disponible budsjettmidlar utføre ei samla fagleg vurdering av tiltaka, i forhold til målet for tilskotsordninga.
Riksantikvaren kan også sjølv prioritere og initiere oppgåver og tiltak innanfor særlege satsingsfelt.
Storleiken på driftstilskotet til dei utvalde anlegga skal innanfor disponible budsjettmidlar fastsetjast av Riksantikvaren, etter ei samla fagleg vurdering i lys av den enkelte søknad, og av behovet og venta miljøfaglege resultat som er synleggjort i denne.
Oppfølging og kontroll
Oppfølging og kontroll skjer gjennom kontroll av om kulturminnet er sikra og sett i stand etter antikvariske retningslinjer. Vidare gjennom generell formalia- og sannsynskontroll av rekneskap og sluttrapport med fotografi frå tilskotsmottakaren. I spesielle tilfelle er det òg aktuelt med kontroll på staden av Riksantikvaren eller fylkeskommunen. Vidare gjennom kontroll av om drifta ved anlegget skjer etter formålet, bl.a. gjennom at Riksantikvaren kontrollerer revidert årsrekneskap og årsmelding og rapportar/uttaler frå fylkeskommunane.
Underpost 72.9 World Heritage List, nasjonale oppgåver
Mål
Tilskotsordninga skal sikre og setje i stand dei norske verdsarvområda i tråd med dei internasjonale retningslinjene frå UNESCO. Målgruppe for ordninga er eigarane og forvaltarane av dei norske områda som er førte opp på UNESCO si verdsarvliste: Bergstaden Røros, Bryggen i Bergen, Urnes Stavkyrkje, Hjemmeluft i Alta, Vegaøyane.
Arbeidet med å følgje opp UNESCO-konvensjonen om å ta vare på kultur- og naturarv i verda er eit høgt prioritert område. Dei fem norske verdsarvområda skal vere viktige førebilete for forvaltninga av kulturminna i landet. Den auka satsinga på verdsarvområda på underpost 72.9 i 2004 blir ført vidare på same nivå i 2005. Det er òg avsett 1 mill. kroner til arbeidet med verdsarvområda på kap. 1427 Direktoratet for Naturforvaltning post 77 Tilskot til nasjonalparksenter.
Kriterium for måloppnåing
om dei norske verdsarvområda er sikra og sette i stand i tråd med forpliktingane som følgjer av verdsarvkonvensjonen
Tildelingskriterium
Tildeling av tilskot skjer innanfor disponible budsjettmidlar i samsvar med behov og forpliktingar som følgjer av verdsarvkonvensjonen og den faglege evalueringa i medhald av UNESCO sine retningslinjer.
Oppfølging og kontroll
Oppfølging skjer gjennom møte og fagsamlingar som blir gjennomførte i samsvar med avtalt arbeidsprogram. Kontrollen skjer ved generell formalia- og sannsynskontroll av rekneskap og sluttrapport frå tilskotsmottakaren. I spesielle tilfelle er det òg aktuelt at Riksantikvaren eller fylkeskommunen utfører kontroll på staden for å sjå til at tiltak er gjennomførte etter antikvariske retningslinjer og andre føresetnader for tilskotet.
Post 73 Brannsikring og beredskapstiltak, kan overførast, kan nyttast under post 21
Mål
Målet med tilskotsordninga er å sikre utvalde kulturminne og kulturmiljø, under dette spesielt dei 28 stavkyrkjene som er att, mot uventa øydelegging. Målgruppa er eigarar og forvaltarar av slike kulturminne og kulturmiljø.
Hovuddelen av midlane på underposten dekkjer brannsikringstiltak i stavkyrkjene. Auken på posten i høve til 2004 skuldast at det er lagt inn ekstra midlar for å styrkje arbeidet med brannsikring av stavkyrkjene. Brannsikring av Bergstaden Røros vil i 2005 òg bli prioritert innanfor ramma av posten.
Det er foreslått ei tilsegnsfullmakt under posten på 2 mill. kroner, jf. Forslag til vedtak VI.
Kriterium for måloppnåing
talet på stavkyrkjer som har tilfredstillande brannsikringsanlegg
talet på andre nasjonalt viktige kulturminne som har tilfredstillande brannsikring
Tildelingskriterium
Midlane under posten blir nytta til tilskot til å etablere sikring eller drift av sikringsanlegg i utvalde kulturminne og kulturmiljø. Drift, vedlikehald og oppgradering av sikringsanlegg ved stavkyrkjene og tilskot til prosjekt som har relevans for brannsikring av andre verdifulle kulturminne og kulturmiljø er prioriterte. Storleiken på tilskotet blir fastsett av Riksantikvaren etter ei samla fagleg vurdering av tiltaka, sett i forhold til disponible budsjettmidlar for gjeldande år. Viktige element i Riksantikvaren si vurdering i denne samanhengen er:
ei fagleg og tryggleiksmessig vurdering av behovet for etablering, oppgradering, vedlikehald og drift som er dokumentert i søknaden, og/eller
ut frå Riksantikvarens informasjon elles om behovet med omsyn til standard og nivå på brannsikringsanlegget i den enkelte stavkyrkja
Riksantikvaren kan også sjølv prioritere og initiere oppgåver og tiltak innanfor særlege satsingsfelt.
Oppfølging og kontroll
Oppfølging og kontroll skjer gjennom generell formalia- og sannsynskontroll av rekneskap og sluttrapport frå tilskotsmottakar. Fysisk kontroll frå Riksantikvaren kan òg vere aktuelt, under dette kontroll av om sikringstiltak, sikringsarbeid eller drift av sikringstiltak er gjennomførte på eit fagleg akseptabelt nivå.
Post 74 Fartøyvern, kan overførast
Mål
Målet med tilskotsordninga er å sikre og setje i stand eit representativt utval fartøy.
Midlane på posten utgjer tilskotsmidlar til konkrete restaurerings- og istandsetjingsarbeid på fartøy. Verneverdige stålbåtar kan få tilskot frå posten på lik linje med andre verneverdige fartøy, jf. Stortinget sine merknader i Budsjett-innst. S. nr. 8 (2003–2004). For 2005 er posten foreslått noko redusert.
Det er foreslått ei tilsegnsfullmakt under posten på 8 mill. kroner, jf. Forslag til vedtak VI.
Kriterium for måloppnåing
om tiltaka blir gjennomførte etter antikvariske retningslinjer og i samsvar med eventuelle andre retningslinjer frå Riksantikvaren
Tildelingskriterium
Tilskotsmidlane skal medverke til å sikre og setje i stand eit representativt utval fartøy, og blir fordelte etter søknad til private eigarar og forvaltarar av desse kulturminna. For å få tilskot er det ein føresetnad at tiltaket fell inn under målet for ordninga. Ved fordeling av tilskot skal Riksantikvaren innanfor disponible budsjettmidlar utføre ei samla fagleg vurdering av tiltaka i lys av den enkelte søknaden, og av behovet og venta miljøfaglege resultat som er synleggjort i denne.
Riksantikvaren kan også sjølv prioritere og initiere oppgåver og tiltak innanfor særlege satsingsfelt.
Oppfølging og kontroll
Kontrollen skjer ved generell formalia- og sannsynskontroll av rekneskap og sluttrapport med fotografi frå tilskotsmottakaren. I spesielle tilfelle er det òg aktuelt med kontroll på staden av Riksantikvaren eller fylkeskommunen for å sjå til at kulturminnet er sikra og sett i stand etter antikvariske retningslinjer.
Post 75 Internasjonalt samarbeid, kan overførast
Mål
Målet med tilskotsordninga er å bidra til at internasjonalt samarbeid på feltet kulturminnevern styrast i ei retning som fell saman med norske politiske og fagpolitiske interesser, markere Noreg som viktig medspelar til nøkkelorganisasjonar innan Riksantikvaren sitt fagfelt, og markere Noreg som eit land med særleg kompetanse på vern av kulturminne i tre.
Tilskotsordninga rettar seg mot resultatområde 8 Internasjonalt miljøvernsamarbeid og miljøvern i polarområda. Riksantikvaren representerer norske styresmakter i ulike internasjonale organisasjonar og er engasjert i fleire prosjekt. Posten dekkjer tilskot, medlemsavgifter og utgifter knytte til samarbeidsavtaler og utgreiingsarbeid, under dette det norskrussiske miljøvernsamarbeidet under den bilaterale miljøvernavtala.
Oppfølging og kontroll
Oppfølging skjer hovudsakleg i form av deltaking i møte i organisasjonane sine styrande organ, der det blir fatta avgjersler bl.a. om budsjett, kontingentar og økonomisk styring. Oppfølginga av spesielle prosjekt skjer gjennom referansearbeids- eller styringsgrupper, ved kontakt med slike grupper, eller ved direkte kontakt med prosjektet. Kontrollen skjer i hovudsak gjennom generell formalia- og sannsynskontroll av innsende prosjektrapportar og årsmeldingar, og av revisorstadfesta årsrekneskapar frå organisasjonane.
Post 76 Den nordiske verdsarvstiftelsen
Midlane på posten er flytta til ny post 79 under Miljøverndepartementets budsjettkapitel 1400. Det blir vist til omtale under denne posten.
Kap. 4429 Riksantikvaren (jf. kap. 1429)
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2003 | Saldert budsjett 2004 | Forslag 2005 |
02 | Refusjonar og diverse inntekter | 4.729 | 1.961 | 3.167 |
09 | Internasjonale oppdrag | 126 | 2.233 | 1.170 |
16 | Refusjon av fødsel- og adopsjonspengar | 2.475 | ||
17 | Refusjon av lærlingar | 15 | ||
Sum kap. 4429 | 7.345 | 4.194 | 4.337 |
Post 02 Refusjonar og diverse inntekter
Posten gjeld refusjonar og innbetalte midlar frå oppdragsverksemd for andre institusjonar mv., jf. omtale under kap. 1429 post 01. Under posten er òg budsjettert inntekter ved sal av Riksantikvaren sine rapportar og andre produkt. Meirinntekter under posten gir grunnlag for meirutgifter under kap. 1429 post 01, jf. Forslag til vedtak II nr. 1. For 2005 er det gjort enkelte omdisponeringar mellom inntektspost 02 og 09, der delar av inntektene som tidlegare var førte opp på post 09 no er foreslått førte opp på post 02. Dette for å sikre ei meir realistisk budsjettering av inntektene på kap. 4429, med bakgrunn i tidlegare rekneskapstal og erfaring.
Post 09 Internasjonale oppdrag
Midlane på posten skal finansiere dei tilsvarande utgiftene til verksemd tilknytt kompetansenettverket i samband med miljøretta arbeid, jf. omtale under kap. 1429 post 01. Meirinntekter under posten gir grunnlag for meirutgifter under kap. 1429 post 01, jf. Forslag til vedtak II nr. 1. For 2005 er delar av inntektene på post 09 foreslått ført opp på post 02, jf. omtalen på denne posten.
Kap. 1432 Norsk kulturminnefond (jf. kap. 4432)
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2003 | Saldert budsjett 2004 | Forslag 2005 |
50 | Til disposisjon for kulturminnetiltak | 6.553 | 13.000 | 13.000 |
Sum kap. 1432 | 6.553 | 13.000 | 13.000 |
Løyving under dette kapitlet rettar seg mot resultatområde 3 Kulturminne og kulturmiljø. Norsk kulturminnefond vart oppretta då Stortinget under behandling av St.prp. nr. 63 (2001-2002), jf. Innst. S. nr. 255 (2001-2002), løyvde 200 mill. kroner som fondskapital. Fondskapitalen er plassert som kontolån i Statskassa med rente tilsvarande renta på 10 års statsobligasjonslån. Avkastninga av kapitalen skal nyttast til tilskot til kulturminneformål og til forvalting av tilskotsmidlane, jf. post 50. Kulturminnefondet har eit styre på 5 medlemer og 3 varamedlemer. Det er utarbeidd eigne vedtekter for verksemda til fondet og det er vedteke retningslinjer for tildeling av fondsmidlar. For 2005 vil avkastninga utgjere om lag 13 mill. kroner. Dette er heilårsverknad av avkastninga på kapitalen i fondet i 2004.
Post 50 Til disposisjon for kulturminnetiltak
Beløpet på posten tilsvarer den samla avkastninga av kapitalen i Norsk kulturminnefond som er budsjettert under kap. 4432 post 80 Avkastning. Midlane under post 50 blir førte tilbake til kapitalen i fondet og gjennom dette stilt til disposisjon for dei formåla og prosjekta Norsk kulturminnefond støttar opp under. Ein mindre del av midlane vil gå til forvaltning av fondet, bl.a. lønn til sekretariatsleiar og administrative funksjonar, styrehonorar og reiser.
Mål
Målet med fondet er å leggje til rette for auka samspel mellom offentlege og private midlar til vern og utvikling av freda og bevaringsverdige kulturminne og kulturmiljø. Ordninga skal stimulere til auka verneinnsats frå eigarar og næringsliv si side, og til meir effektive samarbeidsformer mellom offentlege og private aktørar. Midlane frå fondet skal komme i tillegg til dei ordinære løyvingane til kulturminneformål.
Midlane blir nytta til tiltak som fører til vern og sikring av kulturminne og kulturmiljø og til prosjekt som fremjar verdiskaping, næringsverksemd og aktivitet i lokalsamfunnet. Prosjekt som gir synergieffektar, som løyser ut private midlar eller betydeleg eigeninnsats skal prioriterast. Det skal i gjennomsnitt vere ei privat medfinansiering på 50 pst. i dei prosjekta som fondet engasjerer seg i. Den private medfinansieringa skal vere minst 30 pst. i kvart prosjekt.
Oppfølging og kontroll
Oppfølging skjer ved generell formalia- og sannsynskontroll av rekneskap og sluttrapport frå tilskotsmottakaren. I spesielle tilfelle er det òg aktuelt med kontroll på staden for å sjå til at tiltak er gjennomførte etter antikvariske retningslinjer og andre føresetnader for tilskotet.
Kap. 4432 Norsk kulturminnefond (jf. kap. 1432)
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2003 | Saldert budsjett 2004 | Forslag 2005 |
80 | Avkastning frå Norsk kulturminnefond | 6.553 | 13.000 | 13.000 |
Sum kap. 4432 | 6.553 | 13.000 | 13.000 |
Post 80 Avkastning frå Norsk kulturminnefond
Posten gjeld avkastninga av Norsk kulturminnefond. Avkastninga skal nyttast til tilskot til kulturminnetiltak og til forvalting av tilskotsmidlane, jf. kap. 1432 post 50. Fondsmidlane er plasserte som kontolån i statskassa med rente tilsvarande renta på 10-års statsobligasjonslån.
Meirinntekter under posten gir grunnlag for meirutgifter under kap. 1432 post 50, jf. Forslag til vedtak II nr. 1.
Programkategori 12.40 Forureining
Programkategorien omfattar i hovudsak følgjande resultatområde: Resultatområde 4 Overgjødsling og oljeforureining, Resultatområde 5 Helse- og miljøfarlege kjemikaliar, Resultatområde 6 Avfall og gjenvinning, Resultatområde 7 Klimaendringar, luftforureining og støy, og Resultatområde 11 Områdeovergripande verkemiddel og fellesoppgåver.
Rammefordelingsforslaget for kategorien er på 621,9 mill. kroner i 2005. Dette er ein auke på 3,6 mill. kroner, dvs. 0,6 pst. samanlikna med saldert budsjett for 2004. Auken skuldast i hovudsak auka satsing på forureina sediment.
Regjeringa ønskjer å føre ein aktiv kjemikaliepolitikk, med fokus på å redusere utsleppa av dei farlegaste miljøgiftene, styrkt kontroll og tilsyn og ein aktiv innsats for å styrkje internasjonale reguleringar på kjemikalieområdet. Det blir òg satsa på viktige forskings- og overvakingsaktivitetar. Regjeringa aukar løyvingane til kartlegging av miljøgifter og til oppfølginga av strategiane for forureina sediment og forureina grunn. Løyvingane til dette er auka med 15 mill. kroner, dette inkluderer òg arbeidet med å betre vasskvaliteten i Vansjø i Østfold, (sjå òg omtale under resultatområde 5 og postomtalen til kap. 1441, post 39 og 1441, post 01).
Regjeringa vil føre vidare arbeidet med avfall og gjenvinning utan særlege budsjettendringar. Det er framleis nødvendig med fokus på avfallsfeltet for å nå dei nasjonale måla. Ei rekkje sentrale verkemiddel er etablerte, fornya og justerte dei siste åra. Særlege utfordringar i tida framover er knytte til ytterlegare innsats overfor farleg avfall på avvege, og å vurdere ytterlegare tilpassing av avfallspolitikken til klimapolitikken. Det skal vidare arbeidast for at produsentar og importørar får gode nok incentiv til å ta omsyn til produkta sine miljøeigenskapar i heile levetida, under dette avhendingsfasen. Eksisterande verkemiddel i avfallspolitikken blir løpande evaluerte og eventuelt justerte slik at dei fungerer mest mogleg etter føremålet.
Regjeringa har auka budsjettet med 3 mill. kroner for 2005 for å styrkje arbeidet med den heilskaplege forvaltningsplanen for Barentshavet og gjennomføringa av rammedirektivet for vatn. Rammedirektivet for vatn vil effektivisere vassforvaltninga og bidra til å verne og betre vassførekomstane og vassmiljøet langs kysten og i vassdraga. Dette for å sikre ein meir heilskapleg og økosystembasert forvaltning av hav-, kyst- og vassdragsområda. Utvikling av ein heilskapleg forvaltningsplan for Barentshavet er høgt prioritert av Regjeringa. Dei marine økosystema i Barentshavet er påverka av ei rekkje menneskelege aktivitetar som går føre seg i havområdet, og av forureining som blir transportert med luft og vatn frå andre område. Formålet med forvaltningsplanen er å etablere rammevilkår som gjer det mogleg å balansere næringsinteressene knytte til fiskeri, sjøtransport og petroleumsverksemd innanfor ramma av ei berekraftig utvikling. Heilskapleg forvaltningsplan for Barentshavet skal vere eit verktøy for å kontrollere miljøkonsekvensar og identifisere dei mest kostnadseffektive konsekvensreduserande tiltaka på tvers av sektorar. Forvaltningsplanen skal leggje til rette for verdiskaping basert på ressursane i havområdet, og samtidig stille krav slik at miljøet i Lofoten og Barentshavet blir sikra for kommande generasjonar.
Regjeringa ønskjer å leggje til rette for å styrkje utvikling og bruk av miljøteknologi, og bidra til at dette blir eit sentralt element for å møte viktige miljøutfordringar. Det er derfor sett av 3 mill. kroner på kap. 1441, post 21 til formålet.
Utgifter under programkategori 12.40 fordelte på kapittel
(i 1 000 kr) | |||||
---|---|---|---|---|---|
Kap. | Nemning | Rekneskap 2003 | Saldert budsjett 2004 | Forslag 2005 | Pst. endr. 04/05 |
1441 | Statens forureiningstilsyn (jf. kap. 4441) | 589.036 | 603.834 | 605.213 | 0,2 |
1444 | Produktregisteret | 14.971 | 14.203 | 14.637 | 3,1 |
1445 | Miljøvennlig skipsfart | 2.000 | |||
2422 | Statens miljøfond | 62.310 | 200 | -100,0 | |
Sum kategori 12.40 | 666.317 | 618.237 | 621.850 | 0,6 |
Kap. 1441 Statens forureiningstilsyn (jf. kap. 4441)
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2003 | Saldert budsjett 2004 | Forslag 2005 |
01 | Driftsutgifter | 190.570 | 190.572 | 190.263 |
21 | Spesielle driftsutgifter | 47 | 450 | 3.450 |
39 | Oppryddingstiltak , kan overførast | 45.707 | 50.880 | 64.880 |
63 | Tilskot til kommunale avløpstiltak , kan overførast | 7.105 | ||
65 | Tilskot til heilskapleg vassforvaltning , kan overførast | 6.130 | ||
73 | Tilskot til biloppsamlingssystemet | 125.268 | 123.180 | 127.368 |
75 | Utbetaling av pant for bilvrak , overslagsløyving | 160.806 | 151.252 | 151.252 |
76 | Refusjonsordningar , overslagsløyving | 40.381 | 50.000 | 68.000 |
77 | Tilskot til innsamling av isolerglasruter som inneheld PCB , kan overførast | 13.021 | ||
78 | Tilskot til energiutnytting frå avgiftspliktige sluttbehandlingsanlegg for avfall , kan overførast | 37.500 | ||
Sum kap. 1441 | 589.036 | 603.834 | 605.213 |
Statens forureiningstilsyn sitt ansvar er å delta og medverke sentralt i arbeidet med å skape ei berekraftig utvikling. Statens forureiningstilsyn skal arbeide for ein forsvarleg miljøkvalitet. Forureining, produkt og avfall skal ikkje føre til helseskade, gå utover trivselen eller skade naturen si evne til produksjon og sjølvfornying.
Statens forureiningstilsyn sine roller for å nå måla er:
overvake og informere om miljøutviklinga
utøve mynde for å halde ved like og betre miljøet gjennom reguleringar, kontrolltiltak og prosessar som kan understøtte miljøarbeidet regionalt og lokalt
gjere tydeleg dei ulike samfunnssektorane sitt ansvar for å oppfylle miljøvernpolitiske mål
utgreie og gi råd overfor Miljøverndepartementet
styre fylkesmennene sine miljøvernavdelingar innan Statens forureiningstilsyn sitt ansvarsområde
delta i det internasjonale miljøvernsamarbeidet og hjelpearbeidet
ha ansvar for å stille beredskapskrav til private bedrifter og kommunar.
Post 01 Driftsutgifter
Posten dekkjer lønn til faste og mellombels tilsette og driftsutgifter for Statens forureiningstilsyn. Posten dekkjer vidare midlar knytte til forsking, utgreiingar (FOU), IT-utgifter (under dette utgifter til drifting av RDS-systemet, miljøstatus etc.), husleige, informasjon, internasjonalt arbeid og formidling relatert til:
arbeidet innan overgjødsling og oljeforureining
arbeidet innan helse- og miljøfarlege kjemikaliar
arbeidet innan avfall og gjenvinning
arbeidet innan klimaendringar, luftforureining og støy
bistandsarbeidet i samsvar med avtalen med NORAD
miljøtilstanden i Noreg
Posten kan overskridast mot tilsvarande meirinntekter under kap. 4441, postane 04, 05 og 09, jf. Forslag til vedtak II nr. 1.
Den Norske utsleppsrekneskapen har jamt over har god kvalitet, men internasjonal revisjon har fleire gonger peikt på avvik i forhold til retningslinjene under Klimakonvensjonen og Kyotoprotokollen. Usleppsrekneskapen for klimagassar bør derfor utbetrast på visse punkt. Etter Kyotoprotokollen skal landa si samla kvotemengd (kvantifisering av utsleppsforpliktingane) i 2008 – 2012 talfestast ut frå ein rapport som må leverast seinast ved slutten av 2006. For å få forbetringane med i denne rapporten, bør størstedelen av oppgåvene bli gjennomførte i 2005.
For at Noreg skal oppfylle forpliktingane sine under Gøteborgprotokollen frå og med 2010 er det avgjerande å kunne berekne reduksjonar i utslepp som følgjer av tiltak og verkemiddel. Det er særleg viktig å betre rekneskapen for utslepp av NOx frå skip. Ein føreslår å setje av til saman 1 mill. kroner i 2005 til betringar i utsleppsrekneskapen for klimagassar og utslepp som er omfatta av Gøteborgprotokollen.
Det er sett av 1 mill. kroner i 2005 til auka kartlegging av helse- og miljøfarlege kjemikaliar i miljøet og i produkt. Dette er viktig for at nødvendige tiltak skal kunne setjast i verk i tide.
Post 21 Spesielle driftsutgifter
Akutt beredskap – farleg avfall
Posten dekkjer utgifter Statens forureiningstilsyn kan få ved å måtte fjerne spesielle typar avfall slik som eigarlaust spesialavfall, spesialavfall frå konkursbu eller spesialavfall som eigaren ikkje klarer å ta hand om på ein forsvarleg måte, jf. forureiningslova §§ 74 og 76.
Innovasjon – miljøteknologi
Regjeringa ønskjer å leggje til rette for å styrkje utvikling og bruk av miljøteknologi, og medverke til at dette blir meir sentralt i høve til viktige miljøutfordringar, jf. omtale under resultatområde 11.
Regjeringa føreslår derfor å løyve 3 mill. kroner til Statens forureiningstilsyn sitt arbeid med å auke kompetanse og stimulere til styrkt utvikling og bruk av miljøteknologi.
Post 39 Oppryddingstiltak, kan overførast
Posten er knytt til resultatområda 4 Overgjødsling og oljeforureining, 5 Helse- og miljøfarlege kjemikaliar og 6 Avfall og gjenvinning. Posten blir nytta til å dekkje utgifter til undersøkingar og gjennomføring av oppryddingstiltak i vatn, grunn og sediment som er forureina med farlege miljøgifter eller sterkt overbelasta med næringssalt. Posten er foreslått styrkt med 14 mill. kroner for å følgje opp strategien for forureina sediment og sikre at delmåla i strategien for forureina grunn kan bli nådde i løpet av 2005. Styrkinga skal og dekkje opprydding i Vansjø og ev. andre vannforekomster med sammensatte miljøproblemer. Delmåla for forureina grunn er gjennomføring av nødvendige tiltak på om lag 100 identifiserte lokalitetar og gjennomføring av nødvendige undersøkingar på om lag 500 identifiserte lokalitetar (sjå òg omtale under resultatområde 5).
Forureinar betaler-prinsippet ligg til grunn for arbeidet på dette feltet, og så langt det er rimelig vil pålegg etter forureiningslova bli nytta som verkemiddel for å sikre opprydding i forureina vatn, grunn og sediment. Det vil likevel vere ulike situasjonar der det er aktuelt at miljøvernforvaltninga dekkjer delar av utgiftene til undersøkingar, opprydding eller andre tiltak:
Der Staten ved miljøvernforvaltninga er den ansvarlege for forureininga.
Der den ansvarlege ikkje kan identifiserast, ikkje er betalingsdyktig og/eller av andre grunnar ikkje kan stå for ei god opprydding.
Der det hastar med å få rydda opp. Staten forskotterer oppryddingskostnadene for å komme raskt i gang, og vil krevje kostnadene refunderte frå den ansvarlege i etterkant.
Der miljøforvaltninga vil skaffe fram grunnlag for å leggje til rette for kunnskapsinnhenting og formidling, bl.a. ved å gjennomføre pilotprosjekt.
Der det er nødvendig for å medverke til ei samla opprydding eller anna tiltaksgjennomføring i eit område.
Der det av andre grunnar er urimeleg at den ansvarlege skal dekkje alle kostnadene.
I tillegg kan posten nyttast til å medverke til utarbeiding av fylkesvise tiltaksplanar for opprydding i forureina sediment i større fjordområde, til tiltaksretta undersøkingar ved skipsverft og i småbåthamner, til planmessig kartlegging og oppfølging av forureiningssituasjonen (tilstandsdata), til undersøkingar og utgreiingar for å leggje til rette for ein målretta og effektiv innsats i oppryddingsarbeidet, anna kunnskapsoppbygging og til å dekkje utgifter knytte til det nasjonale rådet for forureina sediment. Fordi tiltaka strekkjer seg over fleire år, er det foreslått å vidareføre bestillingsfullmakta knytt til posten med 25 mill. kroner, jf. Forslag til vedtak V nr. 1.
Post 73 Tilskot til biloppsamlingsystemet
Tilskotsordninga rettar seg mot resultatområde 6 Avfall og gjenvinning og resultatområde 5 Helse- og miljøfarlege kjemikaliar.
Mål
Tilskotsordninga er ein del av oppsamlingssystemet for bilvrak og beltemotorsyklar. Målet med oppsamlingssystemet er å sikre forsvarleg og miljøvennleg innsamling og behandling av bilvrak frå heile landet. Ordninga omfattar driftsstøtte til godkjente biloppsamlingsplassar og støtte til pressing og frakt av vrak frå oppsamlingsplassane til fragmenteringsverka. Ordninga skal vere sjølvfinansierande, dvs. at inntekter og utgifter skal balansere over tid. Inntektene kjem frå vrakpantavgifta på førstegongsregistrerte køyretøy, jf. St.prp. nr. 1 (2004-2005) Skatte-, avgifts- og tollvedtak, og frå inntekter ved sal av metall i vraka. Vrakpantavgifta blir fastsett på bakgrunn av prognosar for forventa nybilsal og talet på pantevrak, jf. kap. 1441 post 75.
Den delen av det eksisterande avgiftssystemet som gjeld utbetaling av pant til bileigar vil førebels bli ført vidare. Ein viser til omtale under resultatområde 6 når det gjeld EU-direktiv om utrangerte køyretøy (2000/53/EU).
Tildelingskriterium
Det blir gitt driftsstøtte på kr 611 per motteke vrak til godkjende oppsamlingsplassar for å sikre gjennomføring av dei miljøvernoperasjonane dei er pålagde å utføre i samband med mottak av vrak.
Det blir gitt transportstøtte til presse- og transportoperatørane til dekning av kostnadene for pressing og frakt av vraka frå oppsamlingsplassane til behandlingsanlegga. Transportstøtta skal sikre at ingen delar av landet fell utanom oppsamlingsordninga på grunn av høge transportutgifter. Storleiken på tilskotet er bl.a. avhengig av kva som kan oppnåast ved sal av bilvraka til fragmenteringsverka, jf. kap. 4441 post 08. Tilskotet inneber ei plikt for tilskotsmottakaren til å samle inn vrak frå dei godkjende oppsamlingsplassane.
Posten dekkjer òg utgifter til ulike utgreiingar og tiltak som miljøvernstyresmaktene treng for å administrere ordninga.
Oppfølging og kontroll
Driftstilskotet blir utbetalt av Tollregion Midt-Norge etter mottak av ei vrakpantkvittering for at bilvraket er motteke for behandling.
Post 75 Utbetaling av pant for bilvrak, overslagsløyving
Tilskotsordninga rettar seg mot resultatområde 6 Avfall og gjenvinning og resultatområde 5 Helse- og miljøfarlege kjemikaliar.
Mål
Tilskotsordninga er ein del av oppsamlingssystemet for bilvrak og beltemotorsyklar. Målet med denne tilskotsordninga er å stimulere bileigar til å levere utrangerte bilar til godkjent biloppsamlingsplass slik at bilvraket kan takast hand om på ein forsvarleg måte og gjenvinnast. Posten dekkjer utbetaling av vrakpant og kostnader ved overføring av vrakpanten til bileigaren.
Forskrift om kasserte køyretøy trådde i kraft i juli 2002 og inneber at produsentar og importørar gradvis tek over ansvaret for handtering av kasserte køyretøy fram mot 2007. Innan den tid vil ein vurdere om det er behov for å vidareføre den statlege ordninga eller om det er aktuelt med alternative system for å sikre innlevering av bilvrak.
Tildelingskriterium
Vrakpanten blir utbetalt av Tollregion Midt-Noreg mot kvittering for at bilvraket er levert til godkjent biloppsamlingsplass for behandling. Vrakpanten for 2005 vil vere kr 1 500. Det vart i 2003 utbetalt vrakpant for 107 000 vrak. Innsamlingsnivået er venta å stige noko i 2005.
Oppfølging og kontroll
For å sikre at bilvraket har rett til vrakpant, blir kvitteringa kontrollert mot det sentrale motorvognregisteret. Kontrollen skjer elles ved kontroll av lager på oppsamlingsplassane og rekneskap med vedlegg.
Post 76 Refusjonsordningar, overslagsløyving
Refusjonsordningane under denne posten rettar seg mot resultatområde 5 Helse- og miljøfarlege kjemikaliar og resultatområde 6 Avfall og gjenvinning og resultatområde 7 Klimaendringar, luftforureining og støy.
Posten auker med 18 mill. kroner som følgje av heilårlig verknad av refusjonsordninga knytte til HFK/PFK.
Refusjon av smørjeoljeavgifta
Mål
Målet med ordninga er å stimulere til auka innlevering av spillolje til miljøgodkjent behandling. Spillolje er brukt smørjeolje, og er klassifisert som farleg avfall. Smørjeolje er, med unntak av enkelte bruksmåtar, pålagt smørjeoljeavgift, jf. St.prp. nr. 1 (2004 -2005) Skatte-, avgifts- og tollvedtak, kap. 5542 post 71. Refusjonsordninga vart innført i 1994 og utvida i 2000 for å sikre høgare innsamlingsgrad.
Kriterium for måloppnåing
Innsamlingsgrad for spillolje (med og utan rett til refusjon) er i dag i overkant av 80 pst. og har vore stabil dei siste åra. Total mengd innsamla spillolje er på om lag 40 000 m3, av dette omlag 25 000 m3med rett på refusjon. Det er ikkje rekna med vesentleg endring i mengd innsamla spillolje i 2005. Posten dekkjer òg utgifter til informasjon og administrasjon av ordninga.
Tildelingskriterium
Det blir utbetalt refusjon for dei fleste typar brukt smøreoljer, med unntak av bl.a. spillolje som kjem frå større skip (større enn 250 fot) i internasjonal sjøfart. Refusjonen blir utbetalt til større mottaksanlegg (tankanlegg) med førehandstilsegn frå Statens forureiningstilsyn. I tilsegna er det fastsett ein del vilkår som refusjonsmottakar har plikt til å rette seg etter. Krav om utbetaling blir kontrollerte i forhold til førehandstilsegna.
Oppfølging og kontroll
Oppfølginga blir ivareteken gjennom statistikk over årleg innsamla spillolje. Ved kontroll i tankanlegga i 2003 og 2004 er det konstatert mange brot på ordninga for refusjonar. Statens forureiningstilsyn føljer opp brota med å nekte refusjonsutbetaling eller krevje tilbakebetaling av feilaktig utbetalte refusjonar. Strengare reaksjonar som tilbaketrekking av tilsegna eller melding til politiet blir òg vurdert i alvorlege tilfelle.
Ei evaluering av refusjonsordninga for spillolje i 2003 konkluderte med at systemet fungerer godt, og har sikra ein auke i innsamlingsgraden frå omtrent 75 pst. i 1994 til 80–85 pst. i dag.
Refusjon av avgift på Trikloreten (TRI)
Mål
Målet med ordninga er å hindre utslepp til miljøet av TRI frå TRI-haldig avfall, og er eit verkemiddel som skal medverke til at avgiftssystemet verkar optimalt.
Trikloreten (TRI) er ei miljøgift. Bruk og utslepp skal reduserast vesentleg. TRI, som er eit løysemiddel som først og fremst blir brukt til avfeitting i industrien, vart frå 1. januar 2000 pålagt avgift, jf. St.prp. nr. 1 (1999-2000) Skatte-, avgifts- og tollvedtak. Refusjonsordning for innbetalt TRI-avgift vart innført samtidig, for å auke effekten av verkemidla.
Posten dekkjer utbetaling av refusjon og utgifter til informasjon og administrasjon av ordninga. Det har dei siste åra vore relativt små utbetalingar gjennom ordninga som følgje av at bruken av ny TRI er kraftig redusert. Det er ikkje venta vesentlege endringar i 2005.
Tildelingskriterium
TRI-haldig avfall skal leverast til godkjent mottak eller behandlingsanlegg for farleg avfall, og ein vil få delvis refusjon av den innbetalte avgifta for den mengd TRI som finst i avfallet. For å stimulere til raskare utfasing av bruken av TRI vart refusjonssatsen sett til 25 kr/kg, noko som utgjer under halvparten av avgiftssatsen.
Oppfølging og kontroll
Oppfølginga skjer gjennom statistikk over årleg innsamla mengd TRI. Anlegg som tek imot farleg avfall og gjenvinningsverksemda skal vere godkjent av Statens forureiningstilsyn.
Avgifta har medverka til ein kraftig reduksjon i etterspørselen etter ny TRI. På grunn av dei små mengdene som er i bruk og som er omfatta av refusjonssystemet, vil ein vurdere om det er føremålstenleg å vidareføre refusjonsordninga eller om ein kan sikre innlevering av TRI-haldig avfall på andre måtar.
Refusjon av avgift på hydrofluorkarbon (HFK) og perfluorkarbon (PFK)
Mål
Stortinget vedtok i samband med si behandling av statsbudsjettet for 2003 å innføre ei avgift på hydrofluorkarbonar (HFK) og perfluorkarbonar (PFK) frå 1. januar 2003. Avgifta er retta mot import og produksjon av HFK og PFK, både som bulkvare og som delemne i produkt. Avgifta er kr 183 per tonn CO2-ekvivalentar, og blir innkravd ved bulkimport og import i produkt der gassane eller bindingar av gassane er nytta. I samsvar med oppmoding frå stortingsfleirtalet i samband med behandlinga av statsbudsjettet for 2003, har Regjeringa etablert ei refusjonsordning i høve til avgifta. Refusjonsordninga trådde i kraft 1. juli 2004. Refusjonsordninga er heimla i Forskrift 1. juni 2004 nr. 930 om gjenvinning og behandling av avfall (avfallsforskrifta), kapittel 8. HFK blir i første rekkje nytta som kuldemedium i kjøle- og fryseanlegg, men betydelege mengder blir òg brukte til brannslokking, og som drivgass til produksjon av isolasjonsmaterial.
Formålet med ordninga er å redusere utslepp til miljøet av HFK og PFK. HFK- og PFK-gassane er klimagassar, og reguleringa av desse er ein del av strategien for å redusere utsleppa av klimagassar i samsvar med Kyotoprotokollen. Ordninga med avgift og refusjon er venta å medverke til ei avgrensing i bruken av gassane til dei mest naudsynte områda, stimulere til produktutvikling, styrkje arbeidet med å hindre lekkasjar og stimulere til innsamling og forsvarleg behandling av brukt gass. Målgruppe for ordninga er aktørar som har større mengder HFK- og PFK-haldig avfall.
Kriterium for måloppnåing
Det er forventa at kombinasjonen av avgift og refusjon vil gi ein utsleppsreduksjon på om lag 40 pst. i 2010, i høve til kva utsleppet ville ha vore utan avgift og refusjon.
Tildelingskriterium
Forskrifta inneber at kuldebransjen og andre som leverer HFK og PFK til godkjent destruksjonsanlegg for destruksjon, kan krevje refusjon. Føresetnaden er dokumentasjon som viser kva for mengd og typar av HFK og PFK som er leverte.
Det blir utbetalt refusjon for den mengda HFK og PRK som er levert til godkjent destruksjonsanlegg for destruksjon. Refusjonssatsane vil vere lik dei gjeldande differensierte avgiftssatsane for avgifta på HFK og PFK ved innleveringstidspunktet, jf. Stortingets årlege avgiftsvedtak og forskrift 11. desember 2001 nr. 1451 om særavgifter § 3-18-2.
Oppfølging og kontroll
Statens forureiningstilsyn fører tilsyn med refusjonsordninga, jf. avfallsforskrifta § 17-3.
Miljøverndepartementet vil vurdere ordninga løpande og gjennom dette også behovet for evaluering.
Post 77 Tilskot til innsamling av isolerglasruter som inneheld PCB
Posten er lagt ned, jf. St.prp. nr. 63 (2003-2004).
Post 78 Tilskot til energiutnytting frå sluttbehandlingsanlegg for avfall, kan overførast
Posten er lagt ned, jf. St.prp. nr. 63 (2003-2004).
Kap. 4441 Statens forureiningstilsyn (jf. kap. 1441)
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2003 | Saldert budsjett 2004 | Forslag 2005 |
01 | Refusjon av kontrollutgifter | 2.679 | ||
04 | Gebyr | 22.106 | 21.059 | 21.059 |
05 | Leigeinntekter | 882 | 888 | 918 |
08 | Inntekter frå sal av bilvrak | 44.754 | 31.696 | 32.774 |
09 | Internasjonale oppdrag | 2.240 | 4.503 | 4.656 |
16 | Refusjon av fødsel- og adopsjonspengar | 2.156 | ||
17 | Refusjon av lærlingar | 46 | ||
18 | Refusjon av sykepengar | 2.201 | ||
Sum kap. 4441 | 77.064 | 58.146 | 59.407 |
Post 04 Gebyr
I samsvar med prinsippet om at forureinaren skal betale, er det innført gebyr på forureinande verksemd. Posten omfattar gebyrinntekter frå konsesjonsbehandling og kontroll.
Vidare omfattar posten gebyrinntekter frå tilsyn og kontroll med kjemiske stoff og produkt.
Inntekter fastsette i forskrift om førehandsmeldingar av nye kjemiske stoff, jf. resultatområde 5 Helse- og miljøfarlege kjemikaliar, blir òg førte under denne posten.
Kap. 1441 post 01 kan overskridast mot tilsvarande meirinntekter under denne posten, jf. Forslag til vedtak II nr. 1.
I denne posten inngår Statens forurensningstilsyn sine inntekter frå gebyr betalt i medhald av forskrift om gebyr for deklarering av farlig avfall. Gebyret dekkjer Statens forureiningstilsyn sine utgifter til kjøp av tenester knytte til behandling og sammenstilling av informasjon frå deklarering.
Post 05 Leigeinntekter
Inntektene omfattar dei leigeinntektene Statens forureiningstilsyn har i samband med utleige av nokre kontorlokale og utleige av konferansesenteret. Meirinntekter under posten gir grunnlag for meirutgifter under kap. 1441 post 01, jf. Forslag til vedtak II nr. 1.
Post 08 Inntekter frå sal av bilvrak
Løyvinga er rekna ut under føresetnad av levering av om lag 107 000 bilvrak til fragmentering, jf. utgifter kap. 1441 post 73.
Post 09 Internasjonale oppdrag
Inntektene er knytte til oppdrag i samband med Statens forureiningstilsyn sitt samarbeid med NORAD, bl.a. gjennomgang og evaluering av miljøprosjekt og institusjonsbygging i samarbeidsland. Dette samarbeidet vil bli utvikla vidare og trappa opp, jf. kap. 1441 post 01. Kap. 1441 post 01 kan overskridast mot tilsvarande meirinntekter under denne posten, jf. Forslag til vedtak II nr. 1
Kap. 1444 Produktregisteret
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2003 | Saldert budsjett 2004 | Forslag 2005 |
01 | Driftsutgifter | 14.971 | 14.203 | 14.637 |
Sum kap. 1444 | 14.971 | 14.203 | 14.637 |
Rolle og oppgåver for produktregisteret
Produktregisteret er oppretta for å rasjonalisere innsamling av kjemikalieinformasjon til bruk innan HMS-arbeid, og er det sentrale statlege registeret på dette området. Produktregisteret er i første rekkje eit serviceorgan for Arbeidstilsynet, Oljedirektoratet, Giftinformasjonen, Statens forureiningstilsyn, Statens institutt for folkehelse, Statens arbeidsmiljøinstitutt og Direktoratet for brann- og eksplosjonsvern. Produktregisteret kan dessutan medverke med open informasjon til andre som har oppgåver innan HMS-sektoren. Det vil i 2005 bli arbeidd vidare med å effektivisere og fornye Produktregisteret. Som eit ledd i arbeidet med å fornye Produktregisteret vart det foreslått å endre nemninga på styret i Produktregisteret til «råd» for at den skal samsvare betre med styret si faktiske rolle. Som følgje av dette vart instruksen for Produktregisteret oppheva og styret nedlagt med verknad frå 1. august 2004 i tråd med omtalen i St.prp. nr. 63 (2003–2004).
Mål:
Produktregisteret skal samle inn, systematisere og arkivere opplysningar om kjemikaliar, og leggje til rette opplysningar ut frå registrerte data, slik at definerte brukarar får tilgang til riktig informasjon. Omarbeide graderte data til ugradert informasjon for å gjere opplysningane meir allment tilgjengelege.
Post 01 Driftsutgifter
Posten dekkjer lønn til faste og mellombels tilsette og driftsutgifter, under dette utgreiing, informasjon m.m. for Produktregisteret.
Kap. 1445 Miljøvennlig skipsfart
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2003 | Saldert budsjett 2004 | Forslag 2005 |
21 | Spesielle driftsutgifter | 2.000 | ||
Sum kap. 1445 | 2.000 |
Sjøfartsdirektoratet har i fleire år utført oppgåver for Miljøverndepartementet når det gjeld miljøvennleg skipsfart. Departementet vil gjennom den nyoppretta posten bidra til å styrkje arbeidet med miljøvennlig skipsfart i Sjøfartsdirektoratet.
Rolle og oppgåver for Sjøfartsdirektoratet:
Sjøfartsdirektoratet er fagleg underlagt Miljøverndepartementet i saker som gjeld forureining og vern om det marine miljø, og utfører viktig arbeid innanfor dette området. Arbeidet omfattar bl.a. utgreiingsoppgåver, utarbeiding av forskrifter, utferding av sertifikat, flaggstatskontrollar og hamnestatskontrollar. Sjøfartsdirektoratet utfører også betydelege internasjonale oppgåver på miljøområdet retta mot FN sin sjøfartsorganisasjon IMO, EU, Nordsjøsamarbeidet og Det arktiske samarbeidet.
Sjøfartsdirektoratet har som ei av sine hovudmålsetjingar å medverke til at skipsfarten er ei miljøvennleg transportform. Dette inneber at direktoratet skal medverke til at norsk maritim verksemd er minst like miljøeffektiv som alternative transportformer, og har gode tekniske og operasjonelle forhold som førebyggjer miljøskadar. I tillegg skal direktoratet medverke til stor tryggleik mot forureining ved effektivt tilsyn av norske skip og hamnestatskontroll av framande skip.
Post 21 Spesielle driftsutgifter
Posten bidreg til å dekkje lønn til faste og mellombels tilsette og driftsutgifter for Sjøfartsdirektoratet i arbeidet med ein miljøvennleg skipsfart. Posten dekkjer vidare midlar knytte til utgreiingar, informasjon, internasjonalt arbeid og formidling relatert til miljøspørsmål.
Kap. 2422 Statens miljøfond
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2003 | Saldert budsjett 2004 | Forslag 2005 |
50 | Tapsfond | 35.000 | ||
70 | Statens miljøfond, rentestøtte | 810 | 200 | |
90 | Statens miljøfond, lån , kan overførast | 26.500 | ||
Sum kap. 2422 | 62.310 | 200 |
Statens miljøfond vart etablert i 1998 som ei låneordning med formål å sikre finansiering av prosjekt som medverkar til å redusere utslepp av klimagassar og andre miljøskadelege utslepp, jf. resultatområda 4 Overgjødsling og oljeforureining, 5 Helse- og miljøfarlege kjemikaliar, 6 Avfall og gjenvinning og 7 Klimaendringar, luftforureining og støy.
Det er gitt tilsegner for heile den totale utlånsramma på 250 mill. kroner, og alle resterande tilsegner vart utbetalte i 2003. Låneordninga er nedlagt.
Post 70 Statens miljøfond, rentestøtte
Siste utbetaling av rentestøtte skjedde i april 2004. Posten blir nedlagt frå 2005.
Post 90 Statens miljøfond, lån, kan overførast
Det blir ikkje ført opp løyving på denne posten fordi alle lånetilsegner vart utbetalte i 2003. Posten blir nedlagt frå 2005.
Kap. 5322 Statens miljøfond, avdrag
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2003 | Saldert budsjett 2004 | Forslag 2005 |
91 | Innbetaling av avdrag | 33.262 | 14.000 | 10.300 |
Sum kap. 5322 | 33.262 | 14.000 | 10.300 |
Post 91 Innbetaling av avdrag
Basert på løpande lån og utbetalingar er avdraga utrekna til 10,3 mill. kroner for 2005.
Kap. 5621 Statens miljøfond, renteinntekter
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2003 | Saldert budsjett 2004 | Forslag 2005 |
80 | Renteinntekter | 7.042 | 7.000 | 3.500 |
Sum kap. 5621 | 7.042 | 7.000 | 3.500 |
Post 80 Renteinntekter
Basert på løpande lån og utbetalingar er renter m.m. utrekna til 3,5 mill. kroner.
Programkategori 12.50 Kart og geodata
Utgiftene under programkategori 12.50 høyrer inn under resultatområde 10 Kart og geodata. Ein viser til innleiinga i del 2 der det blir gjort greie for budsjettendringar i 2005 innanfor resultatområdet.
I St.meld. nr. 30 (2002-2003) Norge digitalt – et felles fundament for verdiskaping er det slått fast at sjøkartlegginga skal ha 1. prioritet dei næraste åra. Regjeringa legg òg vekt på å følgje opp dei andre satsingane som er omtala i meldinga.
Utgifter under programkategori 12.50 fordelte på kapittel
(i 1 000 kr) | |||||
---|---|---|---|---|---|
Kap. | Nemning | Rekneskap 2003 | Saldert budsjett 2004 | Forslag 2005 | Pst. endr. 04/05 |
1465 | Statens kjøp av tenester i Statens kartverk | 354.883 | 321.323 | 336.323 | 4,7 |
2465 | Statens kartverk (jf. kap. 5491 og 5603) | 7.270 | 12.000 | 12.000 | 0,0 |
Sum kategori 12.50 | 362.153 | 333.323 | 348.323 | 4,5 |
Kap. 1465 Statens kjøp av tenester i Statens kartverk
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2003 | Saldert budsjett 2004 | Forslag 2005 |
21 | Betaling for statsoppdraget , kan overførast | 354.883 | 321.323 | 336.323 |
Sum kap. 1465 | 354.883 | 321.323 | 336.323 |
Kapitlet dekkjer etablering og drift av infrastruktur for geografisk informasjon. Løyvinga blir sett på som ei inntekt for Statens kartverk, slik at tilsvarande beløp blir inntektsførte under kap. 2465 Statens kartverk, post 24.1 Driftsinntekter.
Post 21 Betaling for statsoppdraget, kan overførast
Posten er styrkt for å dekkje opprettinga av eit nasjonalt register for luftfartshinder (jf. forskrift fastsett av Luftfartstilsynet 14. april 2003 med heimel i lov av 11. juni 1993 nr. 101 om luftfart) og dekning av omstillingskostnader ved reorganisering av Statens kartverk. Den økonomiske innsatsen til Arealis-programmet er redusert.
Miljøverndepartementet legg vekt på at Statens kartverk skal vere eit tydeleg nasjonalt fagorgan innan sitt fagområde. Verksemda skal konsentrerast om styresmaktoppgåver og tilrettelegging for heile den norske geodataverksemda. Her inngår produksjon, standardisering, forvaltning og drift av offentlege data. For å realisere desse måla er etaten skarpstilt og det er gjort ei nedbemanning på ca. 160 årsverk i 2003 og 2004. Samtidig er det ei oppbygging av kompetanse og kapasitet for å ta hand om tinglysinga, som gradvis blir overført frå domstolane i perioden 2004-2007. Justisdepartementet har ansvar for gjennomføring av tinglysingsreforma fram til 2007.
I 2004 er bl.a. desse tiltaka gjennomførte:
Den konkurranseretta verksemda i Statens kartverk er selt til ein privat aktør.
Statsaksjeselskapet Norsk Eigedomsinformasjon har fått ansvaret for formidling av monopolinformasjon frå Statens kartverk.
Den regionale strukturen til Statens kartverk er endra. Det er no 6 færre kartkontor.
Desse tiltaka gjer det mogleg å halde oppe innsatsen på sjøkartlegging og auke kjøp frå private på mellomlang sikt.
Det blir utarbeidd spesifiserte produksjonsmål og aktivitetar som grunnlag for departementet si styring med og kontroll av statsoppdraget.
Det er behov for ei bestillingsfullmakt på 90 mill. kroner i samband med arbeidet med å etablere moderne elektroniske sjøkart for norskekysten, jf. Forslag til vedtak V nr. 2
Ein gjer framlegg om at inntil 3 mill. kroner kan omdisponerast mellom denne posten og kap. 2465 post 45, jf. Forslag til vedtak IV.
Kap. 2465 Statens kartverk (jf. kap. 5491 og 5603)
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2003 | Saldert budsjett 2004 | Forslag 2005 |
24 | Driftsresultat: | -4.000 | ||
45 | Større utstyrsinnkjøp og vedlikehald , kan overførast | 11.270 | 12.000 | 12.000 |
Sum kap. 2465 | 7.270 | 12.000 | 12.000 |
Rolle og oppgåver for Statens kartverk
Hovudoppgåva for Statens kartverk er å byggje og vedlikehalde ein nasjonal geografisk infrastruktur, og syte for at brukarane får enkel og effektiv tilgang til stadfesta (koordinatbestemt) informasjon. Den pågåande utbygginga av breiband og nye kommunikasjonskanalar i Noreg vil gjere Kartverket til ein sentral leverandør av data for ei rekkje tenester.
Som staten sitt fagorgan innan kart og stadfesting (koordinatbestemming) skal Kartverket ivareta dei forvaltningsoppgåvene som følgjer med, under dette arbeid med standardar og regelverk og samordning med andre land på området. Kartverket skal dessutan delta i forsking og utvikling av kartteknologi, og samarbeide med norsk industri og kartbransje, bl.a. om eksportretta tiltak. Kartverket skal syte for at den geografiske informasjonen etaten forvaltar blir sikra for ettertida.
På enkelte område blir basisproduksjonen forsert ut over det statsoppdraget gir grunnlag for, gjennom tilskot frå brukarar eller samarbeid om felles geodataprosjekt gjennom Noreg digitalt. Fleire av Kartverket sine produksjonsmål føreset at budsjetterte samfinansieringsprosjekt blir realiserte.
Basisproduksjonen omfattar i hovudsak følgjande oppgåver:
Etablering og drift av nasjonalt geodetisk grunnlag
Medverknad til etablering av geodetisk grunnlag, og drift og etablering av kartgrunnlag i kommunane
Drift og utvikling av nasjonal kontrollteneste for satellittposisjonering
Etablering og drift av geografiske primærdatabasar, bl.a. administrative grenser, eigedomskartverk, GAB (Grunneigedoms-, adresse- og bygningsregisteret), sentralt stadnamnregister og vegdatabase
Sjøkartlegging
Etablering og drift av nasjonale kartseriar, bl.a. hovudkartserien for land og sjø i trykt og digital form
Drift av arkiv og databasetenester, under dette sikring av historisk informasjon
Norsk bidrag til global geodesi og kartlegging
Utarbeiding av standardar og fagleg vegleiing
Samordning av Noreg digitalt
Forvaltningsoppgåver, bl.a. når det gjeld administrative grenser, eigedomsregistrering og stadnamn
Beredskapsoppgåver
Innføring av tinglysinga som eit sentralt register i Statens kartverk
Drift av luftfartshinderdatabasen
I tillegg utfører Statens kartverk nasjonale oppgåver knytte til andre departement sine budsjett, for eksempel kontroll av riksgrensa og kart til Forsvarets formål m.v.
I 2005 skal Statens kartverk følgje opp St.meld. nr. 30 (2002-2003) Norge digitalt – et felles fundament for verdiskaping, i samsvar med dei forslaga som vart behandla i Stortinget i juni 2003. Det vil bli særs viktig å få samarbeidet om Noreg digitalt til å fungere.
Som nemnt i omtalen av kap. 1465 er den regionale strukturen til Statens kartverk endra. Etter ein reduksjon på 6 kartkontor er det no 12 att. Dei er organiserte i 5 regionar. Innan kvar region har eitt kontor eit særleg ansvar for felles administrative funksjonar for heile regionen. Alle 12 kontora har nokolunde lik fagleg kompetanse. For å møte behovet for auka kjøp av tenester, er det ved kvart kontor ei bemanning på 6 fagpersonar per fylke. Dette har redusert talet på tilsette i det regionale leddet med nærare 70 årsverk. Med bakgrunn i noko reduksjon i talet på oppgåver og meir bruk av moderne teknologi, er dette ei forsvarleg løysing som gir Statens kartverk eit større handlingsrom over tid. Dette handlingsrommet kan likevel bli noko redusert dei næraste åra, i hovudsak grunna ventelønnskostnader og husleigekostnader som er knytte til situasjonen før omorganisering og nedbemanning i 2004. I 2005 kan slike kostnader bli på inntil 13 mill. kroner.
Etter den «skarpstillingsprosessen» som er gjennomført i 2004, vil det ikkje vere behov for endringar i organisasjonen i 2005 ut over den tilpassinga som følgjer av oppbygginga av Eigedomsdivisjonen.
Post 24 Driftsresultat:
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Underpost | Nemning | Rekneskap 2003 | Saldert budsjett 2004 | Forslag 2005 |
24.1 | Driftsinntekter | -615.470 | -446.323 | -556.323 |
24.2 | Driftsutgifter , overslagsløyving | 584.654 | 431.619 | 544.034 |
24.3 | Avskrivinger | 11.745 | 11.500 | 9.274 |
24.4 | Renter av staten sin kapital | 2.780 | 3.204 | 3.015 |
24.5 | Til reguleringsfondet | 12.291 | ||
Sum post 24 | -4.000 |
Statens kartverk er ei statleg forvaltningsbedrift som styrer den interne økonomien etter bedriftsøkonomiske rekneskapsprinsipp, mens statsbudsjettet og statsrekneskapen blir rapporterte etter kontantprinsippet. Kartverket si tilknytingsform er under vurdering. Driftsresultatet i Kartverket var tidlegare knytt til den konkurranseretta verksemda, som vart selt i 2004. Driftsresultatet er i budsjettet for 2005 sett til 0 kroner.
Underpost 24.1 Driftsinntekter
Kartverket sine bedriftsøkonomiske driftsinntekter fordeler seg som følgjer:
Tabell 17.9 Kartverket sine driftsinntekter
(i mill. kr) | |||
---|---|---|---|
Rekneskap 2003 | Plan 2004 | Plan 2005 | |
Betaling for statsoppdraget Samfinansiering, belastningsfullmakter o.l. Royalty av sal av kart og geografiske data og salsinntekter frå sjøkart | 355 137 102 | 331 100 15 | 336 190 30 |
Sum driftsinntekter | 594 | 446 | 556 |
Rekneskap 2003 er ført opp i samsvar med Kartverket sin bedriftsøkonomiske rekneskap. Plan 2004 refererer seg til St.prp. nr. 1 (2003-2004).
Kartverket sine salsinntekter, etter salet av konkurranseretta oppgåver og overføring av formidlingsteneste til Norsk Eigedomsinformasjon AS, er i hovudsak knytte til selskapet PRIMAR Stavanger, som formidlar sjøkart i samarbeid med andre land sine sjøkartverk, og royaltyavtale med selskapet Norsk Eigedomsinformasjon som formidlar Kartverket sin basisinformasjon.
Underpost 24.2 Driftsutgifter, overslagsløyving
Posten omfattar utgifter til lønn og andre løpande driftsutgifter, og etablering og oppgradering av Kartverket sine databasar og geografiske infrastruktur elles.
Underpostane 24.3 Avskrivingar og 24.4 Renter av staten sin kapital
Avskrivingar og renter av staten sin kapital er budsjetterte ut frå ein venta bokført kapital på 45 mill. kroner per 31. desember 2004.
Underpost 24.5 Til reguleringsfondet
Eit eventuelt avvik mellom budsjettert beløp under post 24 Driftsresultat og det rekneskapsførte beløpet under posten skal regulerast ved overføringar frå/til reguleringsfondet. Ei vesentleg årsak til avvik mellom det faktiske driftsresultatet og det budsjetterte driftsresultatet vil vere terminforskyvingar i kontante inn- og utbetalingar. Per 31. desember 2003 var reguleringsfondet på 46,2 mill. kroner.
Post 45 Større utstyrsinnkjøp og vedlikehald, kan overførast
Posten skal omfatte alle varige investeringar over kr 200 000. Grensa samsvarar med nasjonal nyskaffingsverdi i reglane for offentlege nyskaffingar.
Kartverket sitt produksjonsutstyr er it-basert. Produksjonsverksemda omfattar behandling av store datamengder frå oppmåling av sjø og land, edb-basert kartproduksjon m.v. Kartverket må løpande fornye og utbetre utstyrsparken sin for å kunne utnytte effektivitetsvinstane i ny teknologi i produksjonen sin, og møte etterspørselen etter nye produkt. Det budsjetterte investeringsnivået svarer likevel ikkje til meir enn ca. 2,5 pst. av totalomsetnaden.
Posten kan overskridast ved sal av utstyr der inntektene blir rekneskapsførte under kap. 5465 post 49, jf. Forslag til vedtak II nr. 2.
Tabell 17.10 Kartverket sin kapitalbalanse
(i mill. kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Rekneskap 31.12.02 | Rekneskap 31.12.03 | Venta 31.12.04 | Venta 31.12.05 | |
Eigedelar | ||||
Anleggsmidlar: | ||||
Driftsmidlar, eigedommar | 49,3 | 48,8 | 51,2 | 53,9 |
Aksjar, andelar | 0,0 | 0,0 | 0,0 | 0,0 |
Utlån og obligasjonar | 0,0 | 0,0 | 0,0 | 0,0 |
Sum anleggsmidlar | 49,3 | 48,8 | 51,2 | 53,9 |
Omøpsmidlar1: | ||||
Varebehaldning, varer i arbeid | 22,6 | 17,0 | 8,0 | 8,0 |
Kortsiktige fordringar | 58,2 | 52,6 | 52,6 | 52,6 |
Kortsiktige plasseringar | 0,0 | 0,0 | 0,0 | |
Kassebehaldning og innskot | 0,0 | 0,0 | 0,0 | 0,0 |
Sum omløpsmidlar | 80,8 | 69,6 | 60,6 | 60,6 |
Sum eigedelar | 130,1 | 118,5 | 111,8 | 114,5 |
Tabell 17.11 Kartverket si gjeld og eigenkapital
(i mill. kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Rekneskap 31.12.02 | Rekneskap 31.12.03 | Venta 31.12.04 | Venta 31.12.05 | |
Gjeld og eigenkapital Eigenkapital2: | ||||
Eigenkapital utan reguleringsfond | -64,9 | -85,0 | -94,0 | -94,0 |
Reguleringsfondet | 33,9 | 46,2 | 46,2 | 46,2 |
Sum eigenkapital | -30,9 | -38,7 | -47,7 | -47,7 |
Langsiktig gjeld3: | ||||
Staten sin renteberande kapital | 49,3 | 48,8 | 51,2 | 53,9 |
Anna langsiktig gjeld | 0,0 | 0,0 | 0,0 | 0,0 |
Sum langsiktig gjeld | 49,3 | 48,8 | 51,2 | 53,9 |
Kortsiktig gjeld4: | ||||
Kortsiktig gjeld | 155,3 | 165,9 | 165,9 | 165,9 |
Mellomverande med statskassen | -43,6 | -57,6 | -57,6 | -57,6 |
Sum kortsiktig gjeld | 111,7 | 108,4 | 108,4 | 108,4 |
Sum gjeld og eigenkapital | 130,1 | 118,5 | 111,8 | 114,5 |
1 Omløpsmidlar. Det blir ikkje gjort overslag over omløpsmidlane før rekneskapsavslutning. Omløpsmidlane blir derfor førte opp uendra i budsjettåret. Omløpsmidlane blir rekneskapsførte i samsvar med Kartverket sin bedriftsøkonomiske rekneskap.
2 Eigenkapital. Posten kjem fram som ein differanse mellom eigedelar og gjeld. Eventuelt avvik mellom rekneskapsført driftsresultat (etter føring til eller frå reguleringsfondet) og Kartverket sitt bedriftsøkonomiske resultat blir rekna mot eigenkapitalen.
3 Langsiktig gjeld. Kartverket finansierer alle anleggsmidlar fullt ut som “lån» i statskassen. Statens renteberande kapital fungerer derfor som motpost til anleggskapitalen. Den renteberande kapitalen er fordelt på 5 ulike “lån».
4 Kortsiktig gjeld. Det blir ikkje gjort overslag over kortsiktig gjeld før rekneskapsavslutning. Kortsiktig gjeld blir derfor ført opp uendra i budsjettåret. Kortsiktig gjeld blir rekneskapsført i samsvar med Kartverket sin bedriftsøkonomiske rekneskap.
Programkategori 12.60 Nord- og polarområda
Utgiftene under programkategori 12.60 høyrer inn under resultatområda 7 Klima, luftforureiningar og støy, 8 Internasjonalt miljøvernsamarbeid, og miljøvern i polarområda og 11 Områdeovergripande verkemiddel og fellesoppgåver. Auken på programkategori 12.60 skuldast i hovudsak rammeoverføring av 7,7 mill. kroner til utstyr og husleige til innflytting i Svalbard forskingspark, midlar til heilårsdrift av den norske forskingsstasjonen Troll i Dronning Maud Land og oppretting av Svalbard miljøvernfond.
Regjeringa prioriterer høgt å styrkje det forskings- og overvakingsbaserte kunnskapsgrunnlaget for miljøforvaltninga av norske nord- og polarområde. Hovudinnsatsen vil vere retta mot klimaendringar, miljøgifter og biologisk mangfald. Betre kunnskap til forvaltninga av isbjørnbestanden, langtransporterte miljøgifter og miljøgifter frå kjelder med lokal betydning vil ha særleg fokus. Vidare er verneområda på Svalbard viktige referanseområde for økologisk forsking, og det er behov for auka kunnskap som grunnlag for forvaltning og vern av desse områda. Noreg har òg eit ansvar for å bringe fram kunnskap om og verne kulturminne som viser den menneskelege verksemda i polarområda gjennom tidene.
Føresetnadene for å auke kunnskapsproduksjonen vil bli styrkte ved at den norske forskingsstasjonen Troll i Dronning Maud Land i Antarktis blir bygt ut til heilårsstasjon. Vidare er forskingsparken i Longyearbyen på Svalbard under bygging og Norsk Polarinstitutt vil auke sin vitskapelege aktivitet på Svalbard. Det vil òg bli lagt vekt på å styrkje det bilaterale forskingssamarbeidet i Arktis og Antarktis.
Det er sett høge mål med omsyn til å bevare den særprega villmarksnaturen og kulturminna på Svalbard. Samtidig skal desse kvalitetane ved Svalbard gi grunnlag for oppleving, ny kunnskap og lokal verdiskaping. Turismen har blitt eit viktig grunnlag for busetnad og næringsutvikling på Svalbard, men besøksverksemda og ferdselen har også miljøeffektar. Regjeringa tek sikte på å etablere eit Svalbard miljøvernfond i 2005. Fondsmidlane skal brukast til tiltak som har til føremål å verne miljøet på Svalbard, m.a. kartlegging, overvaking og gjenoppretting av miljøtilstanden, skjøtsel og informasjons- og opplæringstiltak. Fondet vil i utgangspunktet vere sett saman av midlar frå eit gebyr for tilreisande til Svalbard, av midlar innkravd gjennom eit gebyr for kort og for felling i samband med hausting, flora og fauna som er handtert i strid med lova, eller verdien av dette, miljøerstatning fastsett av Sysselmannen og tvangsmulkt.
Utgifter under programkategori 12.60 fordelte på kapittel
(i 1 000 kr) | |||||
---|---|---|---|---|---|
Kap. | Nemning | Rekneskap 2003 | Saldert budsjett 2004 | Forslag 2005 | Pst. endr. 04/05 |
1471 | Norsk Polarinstitutt (jf. kap. 4471) | 114.753 | 120.320 | 140.912 | 17,1 |
1472 | Svalbard miløvernfond (jf. kap. 4472) | 5.400 | |||
Sum kategori 12.60 | 114.753 | 120.320 | 146.312 | 21,6 |
Kap. 1471 Norsk Polarinstitutt (jf. kap. 4471)
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2003 | Saldert budsjett 2004 | Forslag 2005 |
01 | Driftsutgifter | 104.263 | 105.822 | 114.779 |
21 | Spesielle driftsutgifter , kan overførast | 9.992 | 14.000 | 25.635 |
50 | Stipend | 498 | 498 | 498 |
Sum kap. 1471 | 114.753 | 120.320 | 140.912 |
Rolle og oppgåver for Norsk Polarinstitutt:
Norsk Polarinstitutt er den sentrale statsinstitusjonen for kartlegging, miljøovervaking og forvaltningsretta forsking i Arktis og Antarktis, jf. St.meld. nr. 42 (1992-93), fagleg og strategisk rådgivar overfor den sentrale forvaltninga og fagleg rådgivar for miljødirektorata og Sysselmannen i polarspørsmål.
Norsk Polarinstitutt skal halde ved lag ei brei forskingsbasert kompetanse i miljøvernforvaltning innan viltforvaltning, område- og habitatvern, klimaovervaking og forureiningsproblematikk. Norsk Polarinstitutt har ansvar for topografisk og geologisk kartlegging av landområda på Svalbard og norsk biland og territorialkrav i Antarktis, og har spisskompetanse til å utvikle og leie overvakingsprogram. Norsk Polarinstitutt skal i samarbeid med dei andre miljødirektorata, Sysselmannen og andre relevante aktørar setje i verk og vidareutvikle system for miljøovervaking av norsk Arktis. Norsk Polarinstitutt skal medverke til å stimulere nasjonal og internasjonal forsking på Svalbard gjennom å gi tilgang til instituttet sin infrastruktur, så som forskingsstasjon, feltutstyr og transport mot dekning av instituttet sine kostnader.
Norsk Polarinstitutt er organ for oppfølging og gjennomføring av norsk miljølovgiving i Antarktis og skal gjennom ekspedisjonsverksemda ivareta forvaltninga sine kunnskapsbehov og utøve nødvendig kontroll. Frå 2005 skal Norsk Polarinstitutt drive heilårsstasjon i Dronning Maud land.
Norsk Polarinstitutt skal, saman med dei andre miljødirektorata, fremje miljøforsking og forvaltningsrådgiving innan Barentsregionsamarbeidet og det bilaterale norsk-russiske miljøvernsamarbeidet.
Norsk Polarinstitutt vil fokusere forskinga si på klimaprosessar og klimaendringar, effektane av desse på naturen og økotoksikologi i Arktis og Antarktis. Norsk Polarinstitutt skal utforske og overvake det marine miljøet i iskantsona i Barentshavet, grunna den innverknad dette har på næringsproduksjonen i havet, og dermed viktige bestandar av pattedyr, fugl og fisk i området.
Norsk Polarinstitutt skal representere Noreg i internasjonale samarbeidsfora og formidle kontakt mellom norske og internasjonale fagmiljø. Norsk Polarinstitutt skal, som aktør i Polarmiljøsenteret, medverke til å styrkje dette. Norsk Polarinstitutt skal òg utvikle samarbeidet med dei andre forskingsinstitusjonane i Tromsø og i Nord-Noreg elles og drive utovervendt informasjon om polarområda m.a. gjennom samarbeid med Polaria.
Post 01 Driftsutgifter
Posten dekkjer utgifter som Norsk Polarinstitutt har til lønn og godtgjersler for faste og mellombels tilsette. Vidare dekkjer posten ordinære driftsutgifter og utgifter knytte til instituttet si samla forskings- og ekspedisjonsverksemd. Løyvinga under posten omfattar vidare midlar til sekretariat for International Arctic Science Committee og Svalbardkurset. I 2005 er det rammeoverført 7,7 mill. kroner frå UFD til utstyr/husleige for Norsk Polarinstitutt si deltaking i Svalbard Forskingspark.
Posten dekkjer òg utgifter knytte til sals- og oppdragsverksemd, utgifter knytte til drift av polarforskingsfartøyet R/V «Lance», og utgifter knytte til leige og drift av Polarmiljøsenteret. Dei tilsvarande inntektene er førte under kap. 4471 postane 01 og 03. Løyving kan overskridast dersom det er tilsvarande meirinntekt under dei to nemnde postane, jf. Forslag til vedtak II nr.1.
Post 21 Spesielle driftsutgifter, kan overførast
Posten dekkjer utgifter til vitskapeleg samarbeid i Antarktis der midlane gjeld deltaking i det internasjonale Antarktissamarbeidet og midlar til gjennomføring av dei norske Antarktisekspedisjonane.
Noreg medverkar gjennom forskingsinnsats og aktiv deltaking i arbeidet under Antarktistraktaten og Miljøprotokollen til eit globalt samarbeid for vern av det sårbare miljøet i Antarktis. Det er ein nær samanheng mellom å ha innverknad og å vere til stades, og norsk polarforsking i Antarktis har derfor ein viktig politisk og fagleg funksjon.
Løyvinga skal òg dekkje oppgraderinga og drift av den norske forskingsstasjonen Troll i Dronning Maud Land. Stasjonen skal byggjast om til heilårsstasjon, og i februar 2005 opnar stasjonen klar til overvintring for om lag 7 personar. Vidare skal løyvinga medverke til å dekkje utgiftene til etablering og drift av ei flystripe på blåisen ved Troll-stasjonen, som òg er ein del av det internasjonale DROMLAN-prosjektet (Dronning Maud Land Air Network).
Med denne satsinga vil Noreg styrkje sitt nærvær i Antarktis betydeleg, og også medverke i større grad til det internasjonale arbeidet for å bevare Antarktis som det reinaste og minst påverka villmarksområdet i verda.
Post 50 Stipend
Midlane under denne posten er retta mot resultatområde 8 Internasjonalt miljøvernsamarbeid og miljøvern i polarområda.
Mål
Stipendmidlane skal auke rekrutteringa til og kompetansen innanfor den norske polarforskinga. Midlane er eit viktig og effektivt verkemiddel for å stimulere norsk polarforsking på Svalbard. Støtte blir primært gitt til norske hovudfags- og doktorgradstudentar. Støtta skal dekkje ekstrautgifter ved opphald i felt.
Kriterium for måloppnåing
Gjennomført feltarbeid i tilknyting til hovudfagsstudie eller doktorgrad.
Tildelingskriterium
Det blir lagt vekt på relevante polare problemstillingar, fagleg kvalitet og i kor stor grad temaet ligg til rette for forsking.
Oppfølging og kontroll
Det blir kravd innsendt ei rekneskapsoversikt og ein kort fagleg rapport om gjennomføringa.
Evaluering
Det er ikkje lagt opp til ekstern evaluering av ordninga.
Kap. 4471 Norsk Polarinstitutt (jf. kap. 1471)
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2003 | Saldert budsjett 2004 | Forslag 2005 |
01 | Sals- og utleigeinntekter | 11.472 | 17.299 | 17.887 |
03 | Inntekter frå diverse tenesteyting | 21.129 | 17.294 | 17.882 |
16 | Refusjon av fødselspengar/ adopsjonspengar | 462 | ||
18 | Refusjon av sykepengar | 462 | ||
Sum kap. 4471 | 33.526 | 34.593 | 35.769 |
Post 01 Sals- og utleigeinntekter
Salsinntektene gjeld sal av kart, flybilete og publikasjonar, mens utleigeinntektene gjeld utleige av feltutstyr, transportmiddel, under dette utleige av forskingsfartøy, husleigeinntekter og andre inntekter. Kap. 1471 post 01 kan overskridast tilsvarande eventuelle meirinntekter under denne posten, jf. Forslag til vedtak II nr. 1.
Post 03 Inntekter frå diverse tenesteyting
Oppdragsinntektene gjeld inntekter frå eksterne oppdrag for andre offentlege instansar og frå det private næringslivet. Meirinntekter under denne posten gir grunnlag for tilsvarande meirutgifter under kap. 1471 post 01, jf. Forslag til vedtak II nr. 1.
Kap. 1472 Svalbard miljøvernfond (jf. kap. 4472)
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2003 | Saldert budsjett 2004 | Forslag 2005 |
01 | Driftsutgifter, kan nyttast under post 70 | |||
70 | Tilskot, kan overførast, kan nyttast under post 01 | 5.400 | ||
Sum kap. 1472 | 5.400 |
Svalbardmiljølova forutset oppretting av Svalbard miljøvernfond som vil bli etablert i 2005. Fondet vil i utgangspunktet vere sett saman av midlar frå eit gebyr for tilreisande til Svalbard, av midlar kravde inn gjennom eit gebyr for kort og for felling i samband med hausting, gebyr for teoretisk eksamen i samband med jegerprøva, verdien av flora og fauna som er handtert i strid med lova, miljøerstatning fastsett av Sysselmannen og tvangsmulkt. Både fondkapitalen og avkastninga skal nyttast til tilskot til tiltak som har til føremål å verne miljøet på Svalbard. Fondet skal sikre si eiga drift slik at ein mindre del av midlane også vil gå til forvaltning av fondsmidlane. Det blir lagt opp til at Svalbard miljøvernfond skal ha eit styre som vil fordele fondsmidlane etter eksterne søknader. Det er utarbeidd eigne vedtekter for verksemda til fondet og det vil bli vedteke retningslinjer for tildeling av fondsmidlar. Fleire av gebyrordningane vil først ta til å gjelde i løpet av 2005 slik at inntektene til fondet vil vere om lag 5,4 mill. kroner dette året.
Post 01 Driftsutgifter, kan nyttast under post 70
Midlane under post 01 vil gå til forvaltning av fondet, med utgifter til styret, (innkrevjing av gebyr) og forvaltning av tilskot frå fondet. Tildeling av midlar frå fondet til statlege verksemder vil òg bli ført under denne posten.
Post 70 Tilskot, kan overførast, kan nyttast under post 01
Svalbard miljøvernfond omfattar midlar til vern av naturmiljø og kulturminne på heile øygruppa. Fondet sine midlar skal fordelast av styret for fondet til tiltak på Svalbard i samsvar med svalbardmiljølova § 98 og føremålet med fondet slik det er fastsett i vedtektene. Dette omfattar m.a. undersøkingar og tiltak for å kartleggje og overvake miljøtilstanden, årsaker til miljøtilstanden, tilskot til skjøtsel, vedlikehald og gransking i samsvar med svalbardmiljølova og til informasjons-, opplærings- og tilretteleggingstiltak. Det vil ikkje vere høve til å bruke fondet sine midlar til miljøforvaltninga sine ordinære administrative utgifter, og til tiltak som blir dekte av ordinære driftsmidlar for Sysselmannen.
Mål
Målet for fondet er å sikre at Svalbard sin særprega villmarksnatur og dei unike kulturminna blir tekne vare på som grunnlag for oppleving, kunnskap og verdiskaping.
Oppfølging og kontroll
Resultatkontroll og oppfølging skjer gjennom generell formaliakontroll av rapportar frå tilskotsmottakarane.
Kap. 4472 Svalbard miljøvernfond (jf. kap. 1472)
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2003 | Saldert budsjett 2004 | Forslag 2005 |
50 | Refusjon frå fondet | 5.400 | ||
Sum kap. 4472 | 5.400 |
Under dette kapitlet er budsjettert refusjonane til statsbudsjettet basert på inntektene (m.a. frå diverse gebyr) til Svalbard miljøvernfond. Refusjonane under kap. 4472 gir grunnlag for tilsvarande utgifter som er budsjetterte under kap. 1472 Svalbard miljøvernfond.
Post 50 Refusjon frå fondet
Under denne posten blir dei midlane som blir refunderte frå Svalbard miljøvernfond til statsbudsjettet budsjetterte. Det er gjort greie for føremålet med fondet og fondet sine inntekter under kap. 1472. Svalbard miljøvernfond blir forvalta av eit styre oppnemnt av Miljøverndepartementet. Utgiftene blir budsjetterte over Miljøverndepartementet sitt budsjett. Dei årlege refusjonane til statsbudsjettet skal normalt svare til fondet sine stipulerte inntekter same året. Eventuelle overskytande beløp blir kapitaliserte i fondet.