St.prp. nr. 1 (2004-2005)

FOR BUDSJETTERMINEN 2005 — Utgiftskapittel: 200–288 og 2410 Inntektskapittel: 3200–3288, 5310 og 5617

Til innholdsfortegnelse

Del 1
Oversikt over budsjettforslaget frå Utdannings- og forskingsdepartementet

1 Hovudprioriteringar

1.1 Mål i utdannings- og forskingspolitikken

Investeringane vi i dag gjer i utdanning og forsking, vil ha stor verdi for den einskilde og for samfunnet i morgon. Kunnskap og kompetanse gir tryggleik og evne til å meistre utfordringar og omstillingar i eit samfunn der endringar skjer raskare enn tidlegare. Derfor har utdanningssystemet som mål å motivere menneske til å skaffe seg ny kunnskap og kompetanse livet igjennom. Alle barn, unge og vaksne skal få opplæring og utdanning av høg kvalitet, uavhengig av kjønn, bustad, funksjonsevne, etnisk bakgrunn og økonomi. Lik rett til utdanning er eit kjernepunkt i utdanningspolitikken. Læring er ein livslang prosess, og utdanningstilbod og læringsformer må vere tilpassa erfaringar og behov som kvar og ein har.

Regjeringa har ein visjon om at Noreg skal vere eit av verdas mest nyskapande land. Ny kunnskap og teknologi, og ein arbeidsstokk som er kompetent og har evne til å omstille seg, er sentrale føresetnader for å styrkje verdiskapinga og sikre framtidige velferdsgode i landet vårt. Regjeringa prioriterer skole, utdanning og forsking høgt, og har ein ambisjon om at Noreg skal vere blant dei fremste internasjonalt på desse områda. I EU har ein samla seg om tilsvarande mål gjennom Lisboa-strategien. Noreg følgjer dette arbeidet tett og deltek i ei rekkje arbeidsgrupper på utdannings- og forskingsområdet.

Skole og opplæring skal fremme likeverd og likestilling, åndsfridom og toleranse, økologisk forståing og internasjonalt medansvar. Regjeringa går inn for å styrkje verdiformidlinga og verdimedvitet i skolen og leggje til rette for at elevane skal lære seg fredeleg samhandling og konfliktløysing. Skole og opplæring skal ta vare på både kristne og humanistiske verdiar. Utdanningsinstitusjonane skal vere gode arenaer for personleg forming og mogning. Utdanning spelar ei viktig rolle i utviklinga av det fleirkulturelle norske samfunnet, og er blant dei viktigaste arenaene for utvikling av medvit om internasjonale samanhengar. Samstundes er utdanning ein sentral faktor for å auke velstanden og utviklinga i resten av verda.

Vi har gjennomført og er i ferd med å gjennomføre store reformer i utdannings- og forskingssystemet. Oppfølging av Innst. S. nr. 268 og St.meld. nr. 30 (2003–2004) Kultur for læring står sentralt i arbeidet på dette området. Læring omfattar likevel meir enn utdanning og skolegang, og eit godt utdanningssystem er ikkje tilstrekkeleg for at befolkningen skal ha den kompetansen som trengs. Utdannings- og forskingsdepartementet har derfor satt i gang eit arbeid for å utvikle ein meir heilskapleg kompetansepolitikk – på tvers av sektorar og politikkområde. Skal vi halde ved lag velferdsnivået vårt og auke verdiskapinga i framtida, er det òg naudsynt å satse på forsking og utvikling. Regjeringa har prioritert dette høgt. Den totale løyvinga over statsbudsjettet har økt med 2,8 mrd. kroner under denne regjeringa t.o.m. 2004. I tillegg kjem ordninga med skattefrådrag for bedriftene sine investeringar i forsking og utvikling. Kapitalen i Fondet for forsking og nyskaping har auka frå 10 til 32,8 mrd. kroner i same periode. Regjeringa vil leggje fram ei ny stortingsmelding om forsking våren 2005. Viktige tema i meldinga vil vere kvalitet, internasjonalisering og innovasjon i næringslivet.

1.2 Kvalitet i utdanning og forsking

På mange område har landet vårt eit godt utgangspunkt. Noreg har ei høgt utdanna befolkning, gode føresetnader for livslang læring, og på fleire område er norsk forsking og teknologi langt framme. Vi har framleis nokre utfordringar knytte til å byggje ned barrierane for funksjonshemma, jamfør Innst. S. nr. 162 (2003–2004) og St.meld. nr. 40 (2002–2003), men generelt er det god tilgang til utdanning. For å kunne dra nytte av desse føremonene og hevde oss som kunnskapsnasjon må vi ta vare på og vidareutvikle det beste i institusjonane. Vi må skape ein betre kultur for læring – på alle nivå i utdanningssystemet. Vi har òg ei oppgåve når det gjeld å bruke vår kompetanse og rikdom for å betre forholda i fattige land. Det er mellom anna viktig å styrkje innsatsen til UNESCO for å nå målet om at alle elevar i verda skal ha tilgang til grunnutdanning innan 2015.

Skolen kan ikkje utruste elevane med all den kunnskapen dei vil trengje som vaksne samfunns­borgarar. Det er derfor viktig at skolen gir elevane det grunnlaget dei treng for å lære heile livet. I tråd med Innst. S. nr. 268 (2003–2004) og St.meld. nr. 30 (2003–2004) Kultur for læring er det sett i gang eit arbeid med å lage nye lærarplanar i grunnopplæringa. Lærarplanane skal innehalde klårare mål for elevane sin kompetanse og inkludere grunnleggjande dugleikar, som det å uttrykkje seg munnleg og skriftleg, kunne lese og rekne, og kunne bruke digitale verktøy i alle fag. Departementet vil også føre vidare satsingane på desse områda gjennom strategiane Gi rom for lesing!, Realfag, naturligvis! og Programmet for digital kompetanse 2004–2008.

Regjeringa vil vidareutvikle grunnskolen ved å styrkje barnetrinnet og fornye ungdomstrinnet. Både faglege og pedagogiske omsyn talar for å auke timetalet på barnetrinnet, og da særleg i dei første åra. Regjeringa vil vidareføre satsinga på dette feltet, og foreslår ein ytterlegare auke av timetalet i 2005–06. For å fornye ungdomstrinnet og betre overgangen til vidaregåande opplæring, vil Regjeringa gjennomføre ei rekkje tiltak som skal gjere det mogleg for elevane å bruke meir tid på fordjuping og praktiske aktivitetar, sjå nærmare omtale under programkategori 07.20.

Alle elevar skal få utfordringar tilpassa sine føresetnader og behov gjennom heile grunnopplæringa. Målet om nulltoleranse for vold, rasisme og mobbing står fast, og departementet vil styrkje det haldningsskapande arbeidet på området. Arbeidet med manifestet mot mobbing blir vidareført i samarbeid med mellom anna Kommunenes Sentralforbund, Utdanningsforbundet, Foreldreutvalet for grunnskolen og Barneombodet.

Ein god skole prega av kunnskap, mangfald og likeverd er umogleg å få til utan dyktige medarbeidarar og ein kultur for læring på den einskilde skole. Skolane må rekruttere og behalde engasjerte og kompetente lærarar og skoleleiarar. Dei må òg sikre at personalressursane blir utvikla og tekne i bruk på ein god måte. For å realisere måla i reforma vil Regjeringa investere i ei omfattande satsing på kompetanseutvikling.

Departementet har utarbeidd ein strategi for kompetanseutvikling for perioden 2005–08 som dei viktigaste aktørane i arbeidet har slutta seg til. Dette er Kommunenes Sentralforbund, organisasjonane til lærarane og skoleleiarane og universitets- og høgskolesektoren. Strategien følgjer opp Stortinget sine prioriteringar når det gjeld kompetanseutvikling, og den vil vere eit grunnlag for utarbeiding av lokale planar. Kompetanseutvikling for skoleeigarar og skoleleiarar er avgjerande for gjennomføringa av reforma. Samstundes må vidareutdanning av lærarar i prioriterte fag prioriterast høgt i 2005. Realisering av innhaldet i reforma krev kompetanseutvikling for det pedagogiske personalet i grunnopplæringa på ei rekkje områder til dømes kvalitetsvurdering og elevvurdering, tilpassa opplæring, nye læreplanar og 2. framandspråk. Sjå nærmare omtale under programkategori 07.20.

Nøkkelen til å utvikle skolen som ein lærande organisasjon ligg i den læringa som skjer som ein del av det daglege arbeidet. Undersøkingar viser at dei tilsette i undervisningssektoren ikkje opplever at dei har gode vilkår for læring i det daglege arbeidet. Regjeringa si satsing på kompetanseutvikling må sjåast i lys av denne nye kunnskapen.

Ei rekkje internasjonale utviklingstrekk har i dei seinare åra ført til ei langt raskare globalisering av høgre utdanning og forsking. Konkurransen om studentar, gode lærarar og forskarar og om forskingsmidlar har blitt meir intensiv, og gir norske universitet og høgskolar nye moglegheiter og utfordringar. EU sitt fokus på utdanning og forsking har blitt kraftig styrkt, og det er varsla store investeringar på desse områda i åra som kjem. For å møte desse utfordringane vil Regjeringa mellom anna vidareutvikle og spisse tiltak som kan betre kvaliteten i høgre utdanning og forsking.

Kvalitetsreforma, som blei fullfinansiert i statsbudsjettet for 2004, har lagt godt til rette for omstilling av høgre utdanning i Noreg. Vi er eit av dei landa som har komme lengst i arbeidet med å opprette eit felles europeisk rom for høgre utdanning innan 2010 (Bologna-prosessen). Noreg vil mellom anna vere vertskap for den neste ministerkonferansen i Bologna-prosessen, som vil bli halden i Bergen i mai 2005. Med gjennomføring av Kvalitetsreforma har institusjonane sett i verk fleire tiltak som skal betre kvaliteten i høgre utdanning. Institusjonane blir mellom anna premiert for kvalitet og progresjon i studieløpa, gjennom ein resultatbasert finansieringsordning. Reforma har vore verksam i nokre år, men det er framleis for tidleg å seie noko sikkert om korleis dei ulike tiltaka verkar. Departementet har sett i gang ei fors­kingsbasert følgjeevaluering av reforma, og det vil bli lagt fram ein sluttrapport i 2006. Statistisk sentralbyrå vil òg gjennomføre ei undersøking av studentane sine levekår i 2005, etter at reforma er gjennomført og studiefinansieringa er lagt om.

For å realisere det potensialet som ligg i Kvalitetsreforma, må vi ha sterke akademiske institusjonar. Dei må ha eit institusjonelt rammeverk, og ei organisering og leiingsstruktur som er robust, og som gir institusjonane tilstrekkeleg endringskompetanse. For å innfri stadig større forventningar frå omgivnadene må dei høgre utdanningsinstitusjonane utvikle ein kultur for læring som legg vekt på kontinuerlig forbetring og utvikling av verksemda. Regjeringa har lagt fram forslag om ei ny felles lov i høgre utdanning, sjå Ot.prp. nr. 79 (2003–2004). Lovforslaget legg opp til å styrkje den øvste leiinga ved institusjonane. Forslaget gir eit heilskapleg rammeverk for statlege og private høgre utdanningsinstitusjonar, og omhandlar institusjonane sine fullmakter til å opprette og nedleggje studietilbod, kvalitetssikring av utdanningstilbod og studentane sine rettar og plikter.

Handel med utdanningstenester er både aktuelt og aukande. Noreg ønskjer å medverke til utviklinga av eit ope og rettvist regelverk som kan ta hand om interessene til både rike og fattige land. Som stor importør av utdanning, gjennom at vi har mange studentar i andre land, har Noreg òg interesse i at utdanningstenester i andre land held god kvalitet, og at dei som tek utdanning i utlandet vert sikra mot useriøse tilbod og overprising. Desse interessene meiner norske styresmakter best kan tryggjast gjennom eit internasjonalt samarbeid bygd på sakkunna til UNESCO og OECD.

Høgare kvalitet er eit hovudmål for forskingspolitikken. Norsk forsking har i dag ein sterk posisjon innanfor fleire område og enkeltmiljø. Likevel er det potensial for forbetringar. Regjeringa vil arbeide både for ei generell styrking av kvaliteten i norsk forsking og for at det skal bli fleire norske miljø i internasjonal toppklasse. Ordningane med senter for framifrå forsking og yngre framifrå forskarar gir høgt kvalifiserte forskingsgrupper og forskarar særskilt gode rammevilkår for å utvikle forskinga si til internasjonalt toppnivå. Viktige føresetnader for å betre den vitskaplege kvaliteten generelt er god forskarrekruttering, gode rammevilkår og tilgang på oppdatert vitskapleg utstyr. Internasjonalt samarbeid, til dømes i EUs rammeprogram for forsking, er også viktig for å styrkje kvaliteten. Dei internasjonale prisane for framifrå forsking innanfor matematikk (Abel-prisen) og samfunnsvitskap og humaniora (Holberg-prisen) er gode verkemiddel for å synleggjere god forsking, og er viktige delar av arbeidet for å fremme kvalitet, rekruttering og internasjonalisering. Eit forslag om ein eigen lov om dei nasjonale og regionale forskingskomiteane og om eit nytt nasjonalt utval som kan handsame saker om fusk i forsking er på høyring. Saka vil bli lagd fram for Stortinget tidleg på nyåret 2005. Regjeringa arbeider også med å forbetre finansieringssystemet til dei høgare utdanningsinstitusjonane slik at det i enda sterkare grad fremmer kvalitet i forskinga.

1.3 Fridom, tillit og ansvar

Vegen til betre kvalitet – i skolen og opplæringa, ved universiteta og høgskolar og i forskingsinstitusjonar – går mellom anna gjennom å vise tillit. Utdanning og forsking krev motivasjon og innsats hos kvar og ein, frå førsteklassingen til professoren. Styresmaktene kan ikkje vedta at alle skal gjere sitt beste, men Regjeringa ønskjer å skape eit utdannings- og forskingssystem der elevar, lærarar, studentar og forskarar får fridom og utfordringar. Samstundes vil det bli stilt krav til kvalitet og resultat. Fridom saman med ansvar vil gjere det mogleg for kvar og ein å utvikle sitt eige talent og sin eigen dugleik.

Skolen står framfor eit systemskifte med auka lokal handlefridom og tydelegare ansvarsplassering. Dette skal leggje til rette for kontinuerleg refleksjon over om dei måla ein har sett og dei vegvala som er tekne, er dei rette for verksemda. Regjeringa har gjennomført ei rekkje tiltak for å medverke til eit slikt systemskifte dei siste åra. Forhandlingsansvaret for lærarane og skoleleiarane er overført frå staten til kommunane og fylkeskommunane, prinsippet om rammefinansiering av grunnopplæringa er vidareført, og klassedelingsreglane er erstatta med eit krav om at elevane skal organiserast i grupper som er forsvarlege både pedagogisk og i høve til tryggleik i skolen. For å møte dei demografiske utfordringane knytte til auka elevtal i vidaregåande opplæring, vil veksten i kommunesektoren sine frie inntekter bli fordelte kronemessig likt mellom kommunane og fylkeskommunane. Det inneber ein monaleg sterkare prosentvis vekst for fylkeskommunane enn for kommunane.

Regjeringa vil i tråd med Innst S. nr. 268 (2003–2004) og St.meld. nr. 30 (2003–2004) Kultur for læring gjennomføre ei rekkje tiltak for å auke fleksibiliteten i organiseringa og tilrettelegginga av opplæringa. Det er mellom anna vedteke at inntil 25 prosent av timetalet kan bli brukt ut frå lokale føresetnader og individuelle behov. For å skape ein betre samanheng i opplæringa og gi lærarane eit betre grunnlag for å dele erfaringar og læring vil inndelinga i småskoletrinn og mellomtrinn også bli fjerna. I vidaregåande opplæring vil det bli innført ein enklare struktur med færre og breiare studieprogram. Samstundes vil det bli mogleg for elevane å få fagleg fordjuping allereie frå første år. For nærmare omtale sjå programkategori 07.20. For å sikre at auka fleksibilitet ikkje går ut over kvaliteten på undervisningstilbodet, vil departementet følgje med på ressursutviklinga i skolen.

Regjeringa har lagt fram forslag til ei ny lov om frittståande vidaregåande skolar, jf. Ot.prp. nr. 64 (2003–2004). Forslaget vil, saman med lovendringa om frittståande skolar som vart gjort i 2003, medverke til auka mangfald i Skole-Noreg og gi større valfridom til foreldre og elevar. Forslaget opnar for godkjenning av skolar med eit opplæringstilbod som tilsvarar tilbodet i den offentlege skolen. Departementet vil følgje utviklinga på dette området og har gitt Utdanningsdirektoratet i oppdrag å kartleggje og analysere rekrutteringa til frittståande skolar etter ny lov.

Regjeringa har lagt vekt på at universitet og høgskolar skal ha fridom til å handle strategisk i høve til dei behova og utfordringane som institusjonane står overfor, samstundes som departementet må ha verkemiddel til å ta vare på Regjeringa sitt overordna ansvar. Kvalitetsreforma og andre omleggingar har gitt institusjonane meir autonomi. Samstundes har institusjonane fått meir ansvar for strategisk utvikling og leiing og for betre ressursutnytting. I forslaget til ny felles lov for universitet og høgskolar, sjå Ot.prp. nr. 79 (2003–2004), går Regjeringa inn for å styrkje leiinga på øvste nivå ved at rektor skal vere dagleg leiar for både den faglege og den administrative verksemda ved institusjonane. Gratisprinsippet i høgre utdanning er foreslått lovfesta.

1.4 Samarbeid og samspel med samfunns-, arbeids- og næringsliv

Skal vi realisere visjonen om å bli eit av dei mest nyskapande landa i verda, er det naudsynt med eit tettare og betre samarbeid og samspel mellom utdannings- og forskingsinstitusjonar og sam-­funns-, arbeids- og næringsliv. Arbeidslivet er i aukande grad avhengig av dei tenestene som utdannings- og forskingssystemet leverer – det vere seg kompetent arbeidskraft eller FoU. Utdanningssystemet må raskare tilpasse seg endringane og behova i arbeidslivet. Samstundes må arbeidslivet evne å ta i bruk kunnskapen til befolkninga. Vidare må ny kunnskap og teknologi gjerast tilgjengeleg for samfunns-, arbeids- og næringsliv slik at han kan omsetjast til verdiskapande verksemd. Forskingsbasert kunnskap må òg i større grad komme offentlegheita til gode gjennom ein aktiv formidling av forskingsresultat.

Regjeringa har gjennom arbeidet med kompetansepolitikken lagt vekt på at utdanning er ein livslang prosess. Læring skjer på ulike arenaer til ulik tid. Noreg har fått positiv merksemd internasjonalt for arbeidet vårt med vurdering av realkompetanse og vaksne sine rettar til vidare læring. Departementet var mellom anna vertskap for EU-ministerkonferansen «Lifelong learning, from rhetoric to reality» i Oslo i juni 2004. Evalueringa av Kompetansereforma viser at vi i stor grad har nådd målet om å innføre eit nasjonalt system for vurdering av realkompetanse. Vi har òg fått eit betre samspel mellom tilbydarar og etterspørjarar av opplæring. Dette er sentralt for å realisere målet om livslang læring, men departementet ser likevel at mykje er ugjort på dette feltet. Mellom anna viser fleire undersøkingar at norsk arbeidsliv i mindre grad klarer å omsetje tilgjengeleg kunnskap og kompetanse til verdiar i form av betre produkt og tenester. Vidare ser ein òg at vilkåra for læring varierer mellom sektorar og utdanningsgrupper/-nivå. For å vurdere vidare innsats på dette området har departementet starta eit prosjekt. Prosjektarbeidet skal danne grunnlag for, og gi innspel til, ein ny dagsorden for kompetansepolitikken. Departementet legg til grunn at samspel med arbeids- og næringsliv skal stå sentralt, og at kompetansepolitikken må sjåast i samanheng med andre relevante politikkområde.

Departementet har òg sett i gang eit arbeid med å utforme nasjonale Kompetanseberetningar. Den første beretninga omhandla livslang læring og vart lagd fram hausten 2003. Beretninga stadfester at arbeidstakarar med høg utdanning, gjennomgåande deltek meir i kurs og etterutdanning enn folk med låg utdanning. Dei med høg utdanning har også større moglegheiter til å lære gjennom det daglege arbeidet enn andre arbeidstakarar. I enkelte sektorar med høgt utdanningsnivå, mellom anna utdanningssektoren og helse- og sosialsektoren, er likevel moglegheitene til læring i jobben relativt beskjedne. Det blei også avdekt at vi har utfordringar knytte til overgangar mellom ulike arenaer, eksempelvis læring før skolealder og i skolen.

Det er dagens elevar og studentar som skal skape arbeidsplassar i framtida, og som skal vidareføre og utvikle velferd og velstand i landet vårt. Skole, opplærings- og utdanningsinstitusjonar har i fleire år hatt fokus på entreprenørskap, men undersøkingar visar at dette blir praktisert i ulik grad, og at omfanget varierer mykje mellom fylka. Departementet la våren 2004 fram strategien «Se mulighetene og gjør noe med dem!», ein strategi for entreprenørskap i utdanninga som skal styrkje evnene til den einskilde til å utnytte moglegheitene i næringslivet og samfunnslivet, og slik vere med på å leggje grunnlaget for framtidig økonomisk vekst og verdiskaping i Noreg. Utdanningssystemet skal stimulere haldningar, kunnskap og dugleik hos elevar, studentar og lærarar på alle nivå og utvikle ein kultur for entreprenørskap. Det vil bli sett i gang ei rekkje tiltak for å styrkje innsatsen på dette området. I samarbeid med andre aktørar vil departementet mellom anna jobbe for erfaringsutveksling og spreiing av gode eksempel, auke samarbeidet med andre landsdekkjande organisasjonar og styrkje det internasjonale samarbeidet om entreprenørskap innanfor EU og UNESCO.

For å vidareutvikle fag- og yrkesopplæringa i takt med samfunnsutviklinga og arbeidslivet og lærlingane sine behov, er det tidlegare Rådet for fagopplæring i arbeidslivet erstatta av eit felles samarbeidsråd for partane i arbeidslivet og utdanningsmyndigheitene. Rådet skal medverke til å utvikle felles rammer og strategiar for fag- og yrkesopplæringa som betre tek vare på behova for kompetanse hos den einskilde, i verksemda og i samfunnet.

Universitet og høgskolar er, etter endringane i arbeidstakaroppfinningslova og universitets- og høgskolelova, i ferd med å utvikle apparat for og kompetanse i kommersialisering av forskingsresultat. Eit tettare og meir forpliktande samarbeid mellom universitet og høgskole, næringsliv, kapital­eigarar og andre relevante institusjonar, mellom anna forskingsparkar og sjukehus, er ein føresetnad for at løyvingane til forsking også skal føre til auka verdiskaping, og at lovendringane skal få den effekten dei var tiltenkt. Sjå nærmare omtale under programkategoriane 07.60 og 07.70.

1.5 Budsjettprioriteringar

Skolen er ein av dei viktigaste samfunnsinstitusjonane våre. Regjeringa har som mål å skape ein skole som legg større vekt på fagleg kompetanse, opnar for større mangfald og gir elevane eit meir likeverdig tilbod. Som ledd i denne satsinga vil Regjeringa i 2005 løyve om lag 700 mill. kroner til reforma i grunnopplæringa som vart presentert i St.meld. nr. 30 (2003–2004) Kultur for læring. Om lag 500 mill. kroner av løyvinga blir prioriterte til kompetanseutvikling. Dette er den første delen av det store kompetanseløftet som er nødvendig for å gjennomføre reforma, og gjer rom for både Strategi for kompetanseutvikling og vidareføring av høgt prioriterte tiltak som demonstrasjonsskolar og dei nasjonale strategiplanane. Utviklingsstrategiane skal betre kompetansen i lesing, skriving, realfag og entreprenørskap og medverke til ei likeverdig opplæring for elevar med minoritetsspråkleg bakgrunn. Vidare vil Regjeringa nytte om lag 145 mill. kroner til å utvide timetalet i grunnskolen med ytterlegare fire veketimar frå hausten 2005. Utvikling av nye læreplanar er eit anna prioritert tiltak i Regjeringa si reform. Det blir foreslått ei løyving på om lag 40 mill. kroner til utvikling av nye læreplanar i 2005.

Som ledd i Regjeringa sin handlingsplan mot fattigdom blir det foreslått å løyve 13 mill. kroner til tiltak for å betre oppfølging av og tilrettelegging for ungdom med svak grunnskoleopplæring og for språklege minoritetar med behov for tilrettelagd opplæring. Løyvinga på 8 mill. kroner til oppfølgingstenesta blir ført vidare i 2005.

Samla foreslår Regjeringa ei løyving på om lag 730 mill. kroner til kvalitetsutvikling i grunnopplæringa i 2005, jf. omtale under kap. 226.

Av omsyn til det samla budsjettopplegget blir tilskottet til landslinjer foreslått redusert med 41,5 mill. kroner.

Regjeringa si satsing på informasjons- og kommunikasjonsteknologi (IKT) i utdanninga held fram med ei løyving på 114 mill. kroner i 2005. Satsinga er mellom anna knytt til oppfølging av Regjeringa sitt overordna IT-politiske dokument «eNorge 2005». Om lag 35 mill. kroner av satsinga vil bli nytta til infrastrukturtiltak og kompetanseutvikling som oppfølging av reforma i grunnopplæringa.

Regjeringa foreslår at kapitalen i Fondet for forsking og nyskaping blir auka med 3,2 mrd. kroner til 36 mrd. kroner. Kapitalauken vil gi ei auka avkastning på om lag 140-150 mill. kroner i 2006, med den renta som er i dag.

Nord-Amerika er det mest forskingsintensive området i verda. Regjeringa satsar derfor på å styrkje samarbeidet mellom norske forskarar og forskingsmiljøa i Nord-Amerika. Regjeringa foreslår ei løyving på 10 mill. kroner for å følgje opp strategien for forskings- og teknologisamarbeid med Nord-Amerika.

Budsjettforslaget inneber ein nedgang i løyvinga til Noregs forskingsråd på om lag 215 mill. kroner i høve til 2004. Nedgangen skriv seg frå at om lag 275 mill. kroner er trekte ut i samband med endra fordeling av tippemidlane.

Kvalitetsreforma i høgre utdanning vart fullfinansiert med ei løyving på 1 144 mill. kroner i budsjettet for 2004. Regjeringa foreslår å føre vidare heile løyvinga til Kvalitetsreforma i 2005. I høve til 2004 aukar budsjettrammene til universiteta og dei statlege høgskolane samla med om lag 262 mill. kroner i samband med den resultatbaserte undervisningsfinansieringa for universitet og høgskolar. Dei private høgskolane får ein tilsvarande auke i budsjettramma på om lag 12 mill. kroner. Budsjettrammene til universitet og høgskolar blir reduserte med 78 mill. kroner i samband med ein reduksjon på 4 000 studieplassar.

Regjeringa foreslår å løyve om lag 86 mill. kroner til 100 nye doktorgradsstillingar frå hausten 2005 og heilårsverknad av 200 nye doktorgradsstillingar som vart oppretta hausten 2004. Fleire byggjeprosjekt i universitets- og høgskolesektoren blir ferdigstilte og tekne i bruk i løpet av hausten 2004 og 2005. Budsjettforslaget inneheld ei samla løyving på om lag 175 mill. kroner i utstyrs- og husleigemidlar til desse bygga.

Tilskottet til studentbarnehagar blir foreslått redusert med om lag 57 mill. kroner. Forslaget må sjåast i samanheng med Regjeringa si generelle satsing på barnehagar og innføringa av maksimalpris for foreldrebetaling. Løyvinga til bygging av studentbustader blir foreslått redusert med 46 mill. kroner.

Regjeringa foreslår å løyve 17 mill. kroner til Senter for studiar av Holocaust og livssynsminoritetars stilling i Noreg (HL senteret). Senteret driv verksemd knytt til forsking, undervisning og formidling på områda holocaust, folkemord, menneskerettar og minoritetsspørsmål. Barn og unge er ei særskild målgruppe for verksemda ved senteret. Senteret vil i 2005 flytte til Villa Grande. Regjeringa sitt mål er å gjere Villa Grande til eit kraftsentrum for førebyggjande arbeid mot rasisme, diskriminering og brot på menneskerettar.

For å auke tilgangen på personell med høgre utdanning i tiltakssona i Nord-Troms og Finnmark foreslår Regjeringa å løyve 84 mill. kroner til avskriving av studielån for låntakarar som bur og arbeider i tiltakssona. Dette er ein auke på 14 mill. kroner i høve til 2004. Av omsyn til det samla budsjettopplegget foreslår Regjeringa å avvikle reisestipendet for innanlandsreiser for studentar frå undervisningsåret 2005–06. Kostnadsnormen i Lånekassen blir foreslått vidareført på nominelt nivå.

2 Forsking og utvikling i statsbudsjettet

Innleiing

Forsking og utvikling (FoU) vil vere avgjerande for velferd og verdiskaping i framtida. Forsking og utvikling er derfor eit viktig satsingsområde for Regjeringa. Det er ei prioritert oppgåve å styrkje internasjonalt forskingssamarbeid, og Regjeringa foreslår auka løyvingar til dette, særleg gjennom nasjonal samfinansiering av EU-prosjekt. Petroleumsforsking er særleg prioritert i budsjettforslaget for 2005, og Regjeringa foreslår å auke løyvingane til dette med 113 mill. kroner. Det er også ein monaleg auke i løyvingane til internasjonal landbruksforsking. Regjeringa vil leggje fram ei ny stortingsmelding om forsking våren 2005.

Mål og utfordringar for forskingspolitikken

Auka finansiering

Regjeringa har som mål å trappe opp norsk forskingsinnsats til minst gjennomsnittleg OECD-nivå innan 2005. Dette er i tråd med opptrappingsplanen for forskingsløyvingane som vart lagd fram i samband med Revidert nasjonalbudsjett 2001, jf. Innst. S. nr. 325 (2000–2001) og St.prp. nr. 84 (2000–2001). Opptrappingsplanen varsla behov for ei styrking av dei offentlege forskingsløyvingane på 1 mrd. kroner årleg for å nå målet om ein FoU-innsats på OECD-snittet, målt som prosent av bruttonasjonalproduktet (BNP).

I Noreg vart det brukt 24,5 mrd. kroner på forsking og utviklingsarbeid i 2001, som er det siste året det finst fullstendig offisiell statistikk for. FoU-utgiftene utgjorde da 1,6 pst. av BNP. Til samanlikning var OECD-gjennomsnittet på om lag 2,3 pst., mens gjennomsnittet for dei nordiske landa var på 3,0 pst. Førebels berekningar for 2002 tyder på at FoU-utgiftene i Noreg utgjorde 25,5 mrd. kroner. Dette svarer til 1,67 pst. av BNP.

Etter at Regjeringa tiltredde i 2001, er forskingsløyvingane over statsbudsjettet styrkte med om lag 2,8 mrd. kroner. Med budsjettforslaget for 2005 blir den samla auken på om lag 3,2 mrd. kroner. Sidan 1999 er løyvingane auka med om lag 4,8 mrd. kroner. Trass i dette minkar ikkje avstanden til OECD-gjennomsnittet i særleg grad. Offentlege midlar til FoU ligg om lag på OECD-snittet, målt som prosent av BNP. Ei hovudutfordring er å auke forskingsinnsatsen i næringslivet. Opptrappingsplanen føreset at næringslivet står for 60 pst. av auken i FoU-innsats.

FoU-statistikken for 2001 viser at offentlege kjelder finansierte 39,5 pst. av den samla FoU-innsatsen i Noreg, mens næringslivet stod for 51,1 pst., og utanlandske og andre kjelder stod for 9,4 pst.

I tillegg til løyvingane over budsjettet kjem provenyverknaden av skatteinsentivordninga for FoU i næringslivet (SkatteFUNN). SkatteFUNN er eit kraftig verkemiddel for å stimulere til auka FoU i næringslivet. Ordninga er eit viktig supplement til dei direkte næringsretta ordningane. SkatteFUNN gir næringslivet skattefrådrag for utgifter til FoU. I 2003 kom det totalt inn 4 769 søknader. Ein førebels oversikt syner at samla skattefrådrag for prosjekt utførde i perioden 2002–04 blir opp mot 4 mrd. kroner.

Ny forskingsmelding

Ved å fremme stortingsmeldingar om forsking med jamne mellomrom kan Regjeringa gi ei heilskapleg vurdering av målsetjingane og prioriteringane i forskingspolitikken. Den førre forskingsmeldinga vart lagd fram våren 1999. Regjeringa tek sikte på å leggje fram ei ny stortingsmelding om forsking våren 2005. Internasjonalt forskingssamarbeid, forskingsbasert nyskaping og innovasjon, samt kvalitet i forskinga vil vere gjennomgåande perspektiv i meldinga. Meldinga vil òg innehalde ein gjennomgang av den norske forskingsinstituttsektoren.

Prioriteringar i 2005-budsjettet

Internasjonalisering

Regjeringa legg stor vekt på å styrkje internasjonalt forskingssamarbeid. Forskingssamarbeidet gjennom EU blir stadig viktigare, og i samband med utviklinga av eit europeisk forskingsområde (European Research Area) blir den nasjonale forskinga i aukande grad integrert i internasjonalt forskingssamarbeid. I EUs sjette rammeprogram for forsking er prosjekta meir omfattande enn i tidlegare rammeprogram. For at norske FoU-miljø skal kunne delta i prosjekt under det sjette rammeprogrammet, er det stort behov for midlar til nasjonal tilleggsfinansiering, særleg i instituttsektoren. Regjeringa foreslår å auke løyvinga til nasjonal samfinansiering av EU-prosjekt med 50 mill. kroner. Dette gir ei samla løyving på om lag 100 mill. kroner til dette formålet i 2005. Regjeringa foreslår vidare å løyve 10 mill. kroner over budsjettet til utdannings- og forskingsdepartementet til å følgje opp ein ny strategi for auka forskings- og teknologisamarbeid med Nord-Amerika. Strategien skal medverke til ei langsiktig og forsterka opptrapping av FoU-samarbeidet med USA og Canada, og såleis medverke til auka kvalitet i norsk forsking og meir kunnskapsbasert næringsutvikling. Strategien gjeld fleire departement, og til dømes vil Landbruks- og matdepartementet følgje opp strategien med midlar til områda mattryggleik, bioenergi, kommersialisering av forskingsresultat og utvikling av ny næringsverksemd. Sjå omtale i budsjettproposisjonen til Landbruks- og matdepartementet. Regjeringa foreslår å auke løyvinga til internasjonal landbruksforsking med 25 mill. kroner til 110 mill. kroner. Langt dei fleste fattige i utviklingslanda bur på landsbygda. Ei betring av levekåra er avhengig av utviklinga i landbruket. Forsking er eit viktig verkemiddel i kampen mot fattigdom og svolt. Sjå omtale i budsjettproposisjonen til Utanriksdepartementet.

Petroleumsforsking

Regjeringa vil sikre at petroleumssektoren blir ein vesentleg bidragsytar til finansieringa av velferdssamfunnet og til industriell utvikling i heile landet, også i framtida. Ei offensiv satsing på forsking og utvikling i petroleumssektoren er avgjerande i denne samanhengen. Forsking i petroleumssektoren er viktig for nyskaping i næringslivet og er ein viktig del av innovasjonssatsinga til Regjeringa. Sterke etablerte næringar er blant dei viktigaste faktorane for å drive fram nye næringar og produkt. I 2004 etablerte Forskingsrådet det store programmet PETROMAKS for å styrkje petroleumsforskinga. Regjeringa foreslår ein kraftig auke i løyvingane til dette programmet i 2005. PETROMAKS legg i særleg grad vekt på forsking for auka utvinning og meir effektiv leiting. Olje- og energidepartementet foreslår å auke løyvinga til petroleumsforsking over budsjettet sitt med 85 mill. kroner. I tillegg skal 28 mill. kroner i auka avkastning frå Forskingsfondet nyttast til langsiktig, grunnleggjande forsking retta mot petroleumssektoren.

Tematiske satsingsområde

Dei tematiske satsingsområda marin forsking, medisinsk og helsefagleg forsking, informasjons- og kommunikasjonsteknologi (IKT) og forsking i skjeringsfeltet mellom miljø og energi er prioriterte, jf. St.meld. nr. 39 (1998–99) Forskning ved et tidsskille.

Innanfor satsinga på marin forsking foreslår Regjeringa mellom anna å prioritere havbruksforsking med særleg vekt på kommersiell utvikling av torsk i oppdrett . Regjeringa foreslår å auke løyvingane til marin bioteknologi og bioprospektering med 4,5 mill. kroner, samt løyvingane til marknadsforsking og forsking på trygg og sunn sjømat med 2 mill. kroner. Det blir sett av midlar innanfor løyvinga til Noregs forskingsråd til å styrkje satsinga på teknologiutvikling for marin sektor. Regjeringa vil styrkje kompetansen og innovasjonsevna i den delen av næringslivet som arbeider med biologiske ressursar, mellom anna næringsmiddelindustri og oppdrett. Det er derfor viktig å utvikle norske FoU-miljø innanfor dette området, slik at dei kan medverke til høgare grad av foredling av biologiske ressursar.

Som eit ledd i satsinga på medisinsk og helsefagleg forsking foreslår Regjeringa mellom anna å fokusere på kvinnehelse. Regjeringa foreslår ein auke på 3 mill. kroner til Den norske mor og barn-undersøkinga i regi av Nasjonalt folkehelseinstitutt, og 3 mill. kroner til oppstart av ei ny helseundersøking i Nord-Trøndelag (HUNT3). Regjeringa foreslår å styrkje forsking på stamceller frå fødde menneske (adulte stamceller) i regi av Noregs forskingsråd med 1 mill. kroner. Regjeringa foreslår ein auke innanfor forskingsprogrammet Helse og samfunn i Noregs forskingsråd med 2 mill. kroner. Midlane skal brukast til å førebyggje psykiske helseproblem. Innanfor satsinga på medisinsk og helsefagleg forsking vil forsking på trygge matvarer og innovasjons- og kommersialiseringsperspektivet inngå som ein viktig del.

Innanfor satsinga på IKT-forsking foreslår Regjeringa å auke løyvingane til mellom anna det nye store IKT-programmet Kjernekompetanse og verdiskaping (VERDIKT). Sjå omtale i budsjettproposisjonen til Nærings- og handelsdepartementet.

Regjeringa foreslår å styrkje forsking i skjeringsfeltet mellom miljø og energi med 10 mill. kroner til utvikling av reine energisystem (RENERGI). Satsinga er særleg retta mot innovasjon innanfor energisektoren og utvikling av hydrogen som energiberar. Regjeringa vil halde fram satsinga på bioenergi, klimaendringar og klimautvikling, samt skogen si rolle med omsyn til CO2-binding. I tillegg blir innovasjon og kommersialisering på området vektlagde.

Langsiktig, grunnleggjande forsking

Regjeringa legg vekt på å styrkje den langsiktige, grunnleggjande forskinga. Avkastninga frå Forskingsfondet aukar med 28 mill. kroner som skal nyttast til langsiktig, grunnleggjande forsking innanfor petroleumssektoren. Regjeringa foreslår å løyve 86 mill. kroner til finansiering av doktorgradsstillingar. Dette dekkjer heilårskostnaden for dei 200 nye doktorgradsstillingane som vart oppretta i 2004, samt kostnadene til 100 nye stillingar frå hausten 2005. Sjå omtale i kategori 07.60.

Såkornfond

Mangel på såkalla «risikovillig kapital» er eit stort hinder for kommersialisering av nye innovative prosjekt. Regjeringa foreslår å løyve 500 mill. kroner i ansvarleg lån og 125 mill. kroner til tapsfond for å opprette tre nye, landsdekkjande såkornfond. Midlane skal dempe risikoen og utløyse privat kapital og kompetanse. Forslaget er at fonda blir finansierte halvt om halvt mellom staten og private. Fonda skal etablerast i universitetsbyane Trondheim, Oslo og Bergen, men kan investere i såkornprosjekt i heile landet. Prosjekt frå Universitetet i Tromsø vil både kunne få investeringar gjennom dei nye fonda og gjennom det distriktsretta fondet for Nord-Noreg.

Anna

Regjeringa vil løyve 23 mill. kroner for å etablere eit yrkesretta FoU-program retta mot lærarutdanningsmiljøa. Sjå omtale i kategori 07.20 og 07.60.

Regjeringa foreslår vidare å løyve 4 mill. kroner til Næringslivets Idéfond ved Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet i 2005 under føresetnad av tilsvarande finansiering frå privat side. Sjå omtale i budsjettproposisjonen til Nærings- og handelsdepartementet

Overslag over FoU-løyvingar i statsbudsjettet

Offentleg finansiering av norsk forsking byggjer på sektorprinsippet. Det inneber at kvart departement er ansvarleg for forsking på sin sektor. Alle departementa gir løyvingar til forsking. Kvart år utarbeider NIFU STEP 1 ein statsbudsjettanalyse. Statsbudsjettanalysen viser at 110 kapittel i statsbudsjettet i større eller mindre grad blir nytta til å finansiere forsking. Med utgangspunkt i NIFU STEPs data, som seier kor stor del av løyvingane som blir nytta til FoU, er det mogleg å rekne ut eit overslag over dei samla FoU-utgiftene på statsbudsjettet.

Eit slikt overslag viser at dei samla FoU-løyvingane i forslaget til statsbudsjett for 2005 er om lag 14,2 mrd. kroner, jf. tabellen under.

Overslag over løyvingane til forsking over statsbudsjettet

    (i mill. kr)

Departement

Saldert budsjett 20041

Forslag 2005

Endring 2004–05 (i pst.)

Utanriksdepartementet

406

459

13,1

Utdannings- og forskingsdepartementet

7 854

7 850

0,0

Kultur- og kyrkjedepartementet

76

81

6,9

Justisdepartementet

21

31

46,0

Kommunal- og regionaldepartementet

154

155

0,8

Arbeids- og sosialdepartementet

86

151

76,12

Helse- og omsorgsdepartementet

862

933

8,32

Barne- og familiedepartementet

54

57

4,8

Nærings- og handelsdepartementet

1 101

1 174

6,7

Fiskeri- og kystdepartementet

588

618

5,1

Landbruks- og matdepartementet

453

450

- 0,7

Samferdsledepartementet

194

211

8,8

Miljøverndepartementet

378

396

4,7

Moderniseringsdepartementet

154

86

- 44,22

Finansdepartementet

71

73

3,5

Forsvarsdepartementet

865

863

- 0,23

Olje- og energidepartementet

339

438

29,1

Statsbankane

169

173

2,23

Totalt

13 825

14 199

2,7

1 Tala for 2004 er knytte til den gamle departementsstrukturen, og kan derfor ikkje direkte samanliknast med tala for 2005.

2 Delar av endringane skriv seg frå omlegging av departmentsstrukturen.

3 Tala for Forsvarsdepartementet og Statsbankane er særleg usikre. Dette heng saman med at statsbudsjettanalysen frå NIFU STEP er mindre detaljert for desse områda.

Kilde: NIFU STEP.

Budsjettproposisjonane til dei ulike departementa inneheld meir detaljert omtale av dei forskjellige forskingssatsingane.

Noregs forskingsråd

Forskingsrådet er ein viktig reiskap for å gjennomføre forskingspolitikken. I 2004 blir om lag 32 pst. av statlege midlar til forsking, eller til saman meir enn 4,5 mrd. kroner, kanaliserte gjennom Forskingsrådet. Løyvingane frå departementa til Forskingsrådet omfattar både generelle faglege løyvingar, basisløyvingar til forskingsinstitutta og særskilde midlar som er øyremerkte til einskilde program eller prosjekt. I tillegg kjem ein del av avkastninga frå Fondet for forsking og nyskaping.

Utdannings- og forskingsdepartementet er forvaltningsdepartement for Forskingsrådet, men rådet får løyvingar frå alle departementa, med unntak av Forsvarsdepartementet. Det er stor skilnad på storleiken på løyvingane frå dei ulike departementa. Tabellen nedanfor viser ei oversikt over løyvingsforslag for dei største bidragsytande departementa i 2005-budsjettet.

Løyvingar til Noregs forskingsråd frå dei største bidragsytarane

    (i 1 000 kr)

Kap./post

Departement

Saldert budsjett 2004

Forslag 2005

285/52 og 55

Utdannings- og forskingsdepartementet

1 362 302

1 153 842

920/50

Nærings- og handelsdepartementet

860 500

896 000

1830/50

Olje- og energidepartementet

287 500

393 300

1023/50

Fiskeri- og kystdepartementet

231 000

238 000

1137/50

Landbruks- og matdepartementet

148 020

137 812

1410/51 og 531

Miljøverndepartementet

125 018

121 518

701/50

Helse- og omsorgsdepartementet

120 085

132 576

1301/501

Samferdsledepartementet

97 600

100 400

286/50

Fondet for forsking og nyskaping

606 205

634 760

Sum

3 838 230

3 808 208

1 Ein mindre del av løyvinga på posten gjeld forsking utanom Noregs forskingsråd.

Som tabellen viser, blir løyvingane til Forskingsrådet frå dei største bidragsytande departementa på om lag same nivå i statsbudsjettet for 2005 som i 2004. Nedgangen i løyvingane over budsjettet til Utdannings- og forskingsdepartementet skriv seg frå at 275,2 mill. kroner i tippemidlar er trekte ut. Den store auken på budsjettet til Olje- og energidepartementet er knytt til satsinga på petroleumsforsking. Den store auken på budsjettet til Helse- og omsorgsdepartementet har samanheng med at delar av forskingsmidlane frå tidligare Sosialdepartementet er overførte til departementet. Auka løyvingar over budsjetta til Nærings- og handelsdepartementet, Fiskeri- og kystdepartementet og Samferdsledepartementet gjeld i stor grad midlar til samfinansiering av EU-prosjekt, jf. omtale ovanfor. Avkastninga frå Forskingsfondet blir nytta til langsiktig strategisk forsking innanfor fleire fagområde. Særleg prioriterte område er dei tematiske satsingane frå siste forskingsmelding, funksjonell genomforsking (FUGE) og kvalitetstiltak (m.a. senter for framifrå forsking). Denne forskinga kan ha stor verdi også for næringsoppbygging og -utvikling. Sjå også nærmare omtale av Forskingsfondet under kategori 07.70.

I 2004 introduserte Forskningsrådet eit nytt verkemiddel kalla «Store program». Dette er tverrgåande, målretta satsingar som skal dekkje heile spektret frå grunnforsking til anvend forsking og næringsretta forsking. Programma blir finansierte av fleire departement. Etableringa av dette verkemidlet er i tråd med tilrådingane frå evalueringa av Forskingsrådet.

Sjå også nærmare omtale av Noregs forskingsråd under kategori 07.70.

3 Særskilde tiltak

3.1 Miljø

Artsdatabanken er etablert og lokalisert i Trondheim, knytt til Vitskapsmuseet ved Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet. Artsdatabanken er ei elektronisk oversikt over eigenskapar for og omfang av biologiske artar. Finansieringa kjem frå fleire departement. Over Utdannings- og forskingsdepartementet sitt budsjett blir det foreslått å løyve 6 mill. kroner til formålet.

Norsk skole har gått føre med å integrere miljølære i læreplanverka. Dette vil det også bli teke omsyn til ved utarbeiding av dei nye læreplanane for grunnopplæringa. Opplæringa skal gi mest mogleg heilskapleg kunnskap og forståing. Den skal også utvikle evne og vilje til å arbeide for eit samfunn som er i samsvar med naturressursgrunnlaget.

Departementet arbeider for å sikre god rekruttering til forsking, slik at behova for miljøkompetanse blir dekte. Forskingsrådet er i denne samanhengen viktig. For 2005 tek departementet sikte på å halde oppe nivået på støtta til miljø- og utviklingsforsking.

Miljøverndepartementet og Utdannings- og forskingsdepartementet skal samarbeide om viktige satsingar i ei stortingsmelding om kulturminner som skal leggjast fram i 2005, m.a. om høvet for barn og unge til å oppleva og lære om kulturminner.

3.2 Fornying, organisasjons- og strukturendring

Regjeringa har dei siste åra foreslått ei rekkje viktige endringar på grunnopplæringsområdet, sjå oversikt over sentrale dokument i St.prp. nr. 1 (2003–2004). Med Innst. S. nr. 268 (2003–2004) og St.meld. nr. 30 (2003–2004) Kultur for læring er det lagt til rette for ein omfattande reform av grunnopplæringa, sjå nærmare omtale i programkategori 07.20.

Regjeringa har omorganisert den statlege utdanningsadministrasjonen og oppretta eit nytt utdanningsdirektorat i 2004. I tråd med Innst. S. nr. 12 (2003–2004), St.prp. nr. 1 Tillegg nr. 1 (2003–2004) og St.prp. nr. 63 (2003–2004) vil hovudområda for det nye Utdanningsdirektoratet vere vurdering og analyse, utvikling, rettleiing og støtte, samt tilsyn og forvaltning.

Regjeringa har lagt fram forslag til ny felles lov for universitet og høgskolar, jamfør Ot.prp. nr. 79 (2003–2004). Lova skal vere felles for statlege og private høgre utdanningsinstitusjonar og gi eit heilskapleg rammeverk for offentleg godkjend høgre utdanning. For dei statlege institusjonane inneber lovforslaget mellom anna at dagens organisering som forvaltningsorgan med særskilde fullmakter blir vidareført. Sjå programkategori 07.60 for nærmare omtale.

For å fremme internasjonalt samarbeid i høgre utdanning, profilere Noreg som studie- og forskingsland og sikre kontinuitet og kompetanseoppbygging på drift av internasjonale utdanningsprogram, tok departementet over Senter for internasjonalt universitetssamarbeid i Bergen 1. januar 2004. Senteret vart utvida og gjort om til eit offentleg organ med namnet Senter for internasjonalisering av høgre utdanning (SIU). Sjå nærmare omtale under programkategori 07.60.

Stortinget har vedteke å omdanne Meteorologisk institutt til eit statleg forvaltningsorgan med særskilde fullmakter frå 1. januar 2005, jf. Innst. S. nr. 250 (2003–2004). Departementet vil vurdere vidare korleis den kommersielle verksemda ved instituttet skal bli organisert, sjå programkategori 07.70.

Departementet arbeider med ein gjennomgang av den norske instituttsektoren. I dette arbeidet vil ein mellom anna sjå på viktige område som arbeidsdeling mellom institutta, og samarbeid mellom institutta og institusjonane i universitets- og høgskolesektoren. Departementet vil komme tilbake til eventuelle tiltak i samband med ny stortingsmelding om forsking som skal leggjast fram våren 2005. Sjå nærmare omtale under programkategori 07.70.

For å gi elevar, studentar og tilbakebetalarar auka kvalitet på tenestene i ein meir brukerretta og effektiv Lånekasse har departementet i tråd med Innst. S. nr. 152 (2003–2004) og St.meld. nr. 12 (2003–2004) sett i gang eit arbeid for å modernisere Lånekassen, sjå programkategori 07.80.

3.3 Likestilling

Etter Likestillingslova skal alle offentlege verksemder arbeide aktivt for likestilling både som arbeidsgivarar og som styresmakter. I tillegg til å fremme likestilling i utdanning og forsking skal Utdannings- og forskingsdepartementet arbeide for og gjere greie for likestilling i si eiga verksemd.

3.3.1 Utdannings- og forskingsdepartementet

62 prosent av dei tilsette i Utdannings- og forskingsdepartementet er kvinner. 52 prosent av leiarane i departementet er kvinner. Departementet sitt mål om minst 40 prosent representasjon av begge kjønna i leiarstillingane er dermed nådd. Departementet vil halde fram med å kvalifisere og motivere kvinner til å søkje leiarstillingar. Av dei nytilsette i Utdannings- og forskingsdepartementet i 2003 var 71 prosent kvinner.

Lønssnittet for kvinner og menn er likt i like stillingskodar. Men det er fleire kvinner enn menn som er tilsette i dei lågast lønte stillingane. I 2003 gjekk 70 prosent av stillingsopprykka til kvinner.

Tilpassingsavtala mellom departementet og arbeidstakarorganisasjonane slår fast at kvinner skal prioriterast ved opplæring som tek særleg sikte på å motivere og kvalifisere for avansement. Utdannings- og forskingsdepartementet har utvikla ein eigen skole for kompetanseoppbygging hos dei tilsette.

Sjukefråveret er høgare blant kvinnene i departementet enn blant mennene. Slik er det òg i resten av befolkninga. Medan kvinnene utgjorde 62 prosent av dei tilsette i Utdannings- og forskingsdepartementet i 2003, hadde dei 77,3 prosent av sjukefråveret. Departementet vil bli flinkare til å følgje opp dei sjukemelde, særleg dei som er vekke meir enn åtte veker.

Utdannings- og forskingsdepartementet har eit likestillingsutval som skal sjå til at departementet arbeider for likestilling mellom kjønna på arbeidsplassen.

3.3.2 Etatar under Utdannings- og forskingsdepartementet

Både administrative organ og høgare utdanningsinstitusjonar er del av verksemda til Utdannings- og forskingsdepartementet. Kjønnsfordelinga mellom dei vitskapleg tilsette ved utdanningsinstitusjonane er omtala under kategori 07.60. Under er det ein oversikt over delen kvinner og delen kvinnelege leiarar i dei administrative etatane per 1. mars 2004 og ein kort omtale av særskilde likestillingstiltak:

Tilsette og leiarar i administrative verksemder under Utdannings- og forskingsdepartementet. Prosentvis fordeling på kjønn. Tal per 1. mars 2004

Verksemd

Tilsette i alt

Pst. kvinnelege tilsette

Pst. mannlege tilsette

Pst. kvinnelege leiarar

Pst. mannlege leiarar

Læringssenteret

157

62

38

50

50

Nasjonalt organ for kvalitet i utdanninga (NOKUT)

35

66

34

67

33

Statens lånekasse for utdanning

373

64

36

56

44

Statleg spesialpedagogisk støttesystem, sentraladministrasjonen

34

56

44

33

67

VOX - Vaksenopplæringsinstituttet

120

65

35

76

23

Kilde: Staten sitt sentrale tenestemannsregister (SST) og verksemdene

Vox vart våren 2002 deltakar i eit nasjonalt prosjekt om likelønn, initiert av Barne- og familiedepartementet. Om lag 15 verksemder, offentlege og private, er med. Prosjektet er kopla til andre prosjekt om likeløn i EU og vil gå over ein treårsperiode. Ein analyse av løn i forhold til kjønn viste, med enkelte unntak, relativt små skilnader i løn for same stillingsgruppe i Vox.

For å auke talet på kvinner i høgre leiarstillingar i staten vart det i 2003 gjennomført eit mentorprogram for kvinner i mellomleiarstillingar. Programmet gjekk over eitt år og vart avslutta i januar 2004. Programmet er bygd opp med fellessamlingar og faste møte med ein mentor. Ein av fagsjefane i Vox har delteke i programmet.

Utdannings- og forskingsdepartementet vil evaluere korleis plikten til å gjere greie for likestilling i eiga og underliggjande verksemder har vore oppfylt for året 2003. Departementet vil vurdere å standardisere rapporteringa når det gjeld likestilling i verksemdene.

4 Bruk av stikkordet «kan overførast»

Under Utdannings- og forskingsdepartementet blir stikkordet foreslått knytt til desse postane utanom postgruppe 30–49

 

(i 1 000 kr)

Kap.

Post

Nemning

Overført til 2004

Forslag 2005

0200

45

Større utstyrsinnkjøp og vedlikehald

489

2 381

0220

70

Tilskott til læremiddel mv.

37 634

0222

45

Større utstyrsinnkjøp og vedlikehald

4 021

0225

63

Tilskott til samisk i grunnopplæringa

40 401

0226

21

Særskilde driftsutgifter

729 690

0230

45

Større utstyrsinnkjøp og vedlikehald

6 730

0248

21

Særskilde driftsutgifter

3 641

111 833

0259

21

Særskilde driftsutgifter

22 507

35 700

0270

75

Tilskott til bygging av studentbustader

16 880

124 243

0281

45

Større utstyrsinnkjøp og vedlikehald

8 936

6 000

0281

76

Tilskott til NORDUnet

10 501

15 774

0281

79

Ny universitetsklinikk i Trondheim

144 729

253 330

0283

72

Internasjonale samarbeidsprosjekt

1 265

46 609

0288

73

EUs rammeprogram for forsking

525 082

2410

45

Større utstyrsinnkjøp og vedlikehold

15 000

5 Oversikt over forslaget til budsjett for Utdannings- og forskingsdepartementet

Utgifter fordelte på kapittel

 

(i 1 000 kr)

Kap.

Nemning

Rekneskap 2003

Saldert budsjett 2004

Forslag 2005

Pst. endr. 04/05

Administrasjon

0200

Utdannings- og forskingsdepartementet (jf. kap. 3200)

165 542

166 359

177 025

6,4

0202

Læringssenteret (jf. kap. 3202)

120 616

135 221

-100,0

0203

Statens utdanningskontor (jf. kap. 3203)

119 082

0204

Foreldreutvalet for grunnskolen (jf. kap. 3204)

6 237

5 661

-100,0

0206

Samisk utdanningsadministrasjon

26 689

27 589

28 569

3,6

Sum kategori 07.10438 167334 830205 594-38,6

Grunnopplæringa

0220

Utdanningsdirektoratet (jf. kap. 3220)

182 593

0221

Grunnskolen (jf. kap. 3221)

1 698 406

1 243 735

-100,0

0222

Statlege grunn- og vidaregåande skolar og grunnskoleinternat (jf. kap. 3222)

48 901

49 273

128 779

161,4

0223

Vidaregåande opplæring

262 020

263 690

-100,0

0224

Fellestiltak i grunnopplæringa

268 483

273 242

-100,0

0225

Tiltak i grunnopplæringa (jf. kap. 3225)

1 752 916

0226

Kvalitetsutvikling i grunnopplæringa

381 231

430 934

729 690

69,3

0227

Tilskott til særskilde skolar

53 860

0228

Tilskott til frittståande skolar o.a.

2 054 166

0229

Andre tiltak

6 988

0230

Kompetansesenter for spesialundervisning (jf. kap. 3230)

672 500

0232

Statlege skolar med opplæring på vidaregåande nivå (jf. kap. 3232)

111 850

88 905

-100,0

Sum kategori 07.202 770 8922 349 7795 581 492137,5

Vidaregåande opplæring

0232

Statlege skolar med opplæring på vidaregåande nivå (jf. kap. 3232)

108 665

Sum kategori 07.30108 665

Andre tiltak i utdanninga

0240

Frittståande skolar o.a.

1 642 483

1 880 394

-100,0

0243

Kompetansesenter for spesialundervisning (jf. kap. 3243)

878 523

633 307

-100,0

0248

Særskilde IKT-tiltak i utdanninga

156 595

114 853

114 943

0,1

0249

Andre tiltak i utdanninga

53 902

35 443

2 705

-92,4

Sum kategori 07.402 731 5032 663 997117 648-95,6

Vaksenopplæring

0251

Fagskoleutdanning

110 620

266 187

266 187

0,0

0253

Folkehøgskolar

507 107

508 972

535 492

5,2

0254

Tilskott til vaksenopplæring (jf. kap. 3254)

1 040 549

197 368

184 388

-6,6

0256

VOX - Vaksenopplæringsinstituttet (jf. kap. 3256)

66 176

60 918

54 035

-11,3

0258

Forsking, utviklingsarbeid og fellestiltak i vaksenopplæringa

60 260

47 545

38 397

-19,2

0259

Kompetanseutviklingsprogrammet

41 384

35 718

35 700

-0,1

Sum kategori 07.501 826 0971 116 7081 114 199-0,2

Høgre utdanning

0260

Universitetet i Oslo

2 778 095

3 012 696

3 178 787

5,5

0261

Universitetet i Bergen

1 621 776

1 763 386

1 882 391

6,7

0262

Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet

2 230 439

2 397 168

2 572 879

7,3

0263

Universitetet i Tromsø

983 359

1 077 008

1 105 136

2,6

0264

Noregs handelshøgskole

211 705

233 697

250 383

7,1

0265

Arkitekthøgskolen i Oslo

81 136

81 919

87 033

6,2

0268

Noregs idrettshøgskole

99 812

106 070

113 827

7,3

0269

Noregs musikkhøgskole

123 129

118 165

149 304

26,4

0270

Studium i utlandet og sosiale formål for elevar og studentar

350 064

307 462

206 798

-32,7

0273

Statlege kunsthøgskolar

254 974

224 944

244 793

8,8

0274

Statlege høgskolar

7 097 526

6 909 470

7 420 304

7,4

0278

Noregs landbrukshøgskole

413 607

446 695

472 888

5,9

0279

Noregs veterinærhøgskole

319 376

193 636

200 798

3,7

0281

Fellesutgifter for universitet og høgskolar (jf. kap. 3281)

922 202

1 148 369

777 117

-32,3

0282

Privat høgskoleutdanning

511 485

571 244

605 308

6,0

Sum kategori 07.6017 998 68618 591 92919 267 7463,6

Forsking

0283

Meteorologiformål

370 872

353 310

244 658

-30,8

0285

Noregs forskingsråd

1 149 486

1 362 302

1 153 842

-15,3

0286

Fondet for forsking og nyskaping (jf. kap. 3286)

5 328 398

606 205

3 834 760

532,6

0287

Forskingsinstitutt og andre tiltak (jf. kap. 3287)

316 928

130 528

132 491

1,5

0288

Internasjonale samarbeidstiltak (jf. kap. 3288)

158 597

736 137

666 797

-9,4

Sum kategori 07.707 324 2803 188 4826 032 54889,2

Utdanningsfinansiering

2410

Statens lånekasse for utdanning (jf. kap. 5310)

21 385 897

22 055 336

25 877 429

17,3

Sum kategori 07.80

21 385 897

22 055 336

25 877 429

17,3

Sum programområde 07

54 584 188

50 301 061

58 196 656

15,7

Sum utgifter

54 584 188

50 301 061

58 196 656

15,7

Utgifter fordelte på postgrupper

 

(i 1 000 kr)

Postgr.

Nemning

Rekneskap 2003

Saldert budsjett 2004

Forslag 2005

Pst. endr. 04/05

01-29

Driftsutgifter

4 134 505

2 806 416

2 801 799

-0,2

30-49

Nybygg, anlegg o.a.

218 536

43 488

34 132

-21,5

50-59

Overføringar til andre statsrekneskapar

18 612 040

21 390 468

23 956 035

12,0

60-69

Overføring til kommunesektoren

3 012 946

1 553 076

1 560 531

0,5

70-89

Overføring til private

12 500 087

11 757 413

10 060 659

-14,4

90-99

Utlån, avdrag o.a.

16 106 073

12 750 200

19 783 500

55,2

Sum under departementet

54 584 188

50 301 061

58 196 656

15,7

Inntekter fordelte på kapittel

 

(i 1 000 kr)

Kap.

Nemning

Rekneskap 2003

Saldert budsjett 2004

Forslag 2005

Pst. endr. 04/05

Administrasjon

3200

Utdannings- og forskingsdepartementet (jf. kap. 200)

9 871

2 692

2 784

3,4

3202

Læringssenteret (jf. kap. 202)

18 947

18 196

-100,0

3203

Statens utdanningskontor (jf. kap. 203)

23 498

3204

Foreldreutvalet for grunnskolen (jf. kap. 204)

797

228

-100,0

Sum kategori 07.1053 11321 1162 784-86,8

Grunnopplæringa

3220

Utdanningsdirektoratet (jf. kap. 220)

19 051

3221

Grunnskolen (jf. kap. 221)

66 584

50 147

-100,0

3222

Statlege grunn- og vidaregåande skolar og grunnskoleinternat (jf. kap. 222)

5 035

377

5 131

1 261,0

3225

Tiltak i grunnopplæringa (jf. kap. 225)

52 038

3230

Kompetansesenter for spesialundervisning (jf. kap. 230)

77 772

3232

Statlege skolar med opplæring på vidaregåande nivå (jf. kap. 232)

11 482

5 362

-100,0

Sum kategori 07.2083 10155 886153 992175,5

Andre tiltak i utdanninga

3243

Kompetansesenter for spesialundervisning (jf. kap. 243)

101 602

46 918

-100,0

Sum kategori 07.40101 60246 918

-100,0

Vaksenopplæring

3254

Tilskott til vaksenopplæring (jf. kap. 254)

9 329

3256

VOX - Vaksenopplæringsinstituttet (jf. kap. 256)

14 488

10 928

8 818

-19,3

Sum kategori 07.5023 81710 9288 818-19,3

Høgre utdanning

3269

Noregs musikkhøgskole (jf. kap. 269)

6 564

3273

Statlege kunsthøgskolar (jf. kap. 273)

10 205

3274

Statlege høgskolar (jf. kap. 274)

7 901

3279

Noregs veterinærhøgskole (jf. kap. 279)

140 268

3281

Fellesutgifter for universitet og høgskolar (jf. kap. 281)

6 283

10

10

0,0

Sum kategori 07.60171 22110100,0

Forsking

3283

Meteorologiformål (jf. kap. 283)

154 516

135 359

59

-100,0

3286

Fondet for forsking og nyskaping (jf. kap. 286)

1 251 317

1 917 884

1 982 339

3,4

3287

Forskingsinstitutt og andre tiltak (jf. kap. 287)

12 366

16 962

21 500

26,8

3288

Internasjonale samarbeidstiltak (jf. kap. 288)

4 737

4 754

4 916

3,4

Sum kategori 07.701 422 9352 074 9592 008 814-3,2

Utdanningsfinansiering

5310

Statens lånekasse for utdanning (jf. kap. 2410)

7 087 862

7 875 869

12 399 882

57,4

5617

Renter frå Statens lånekasse for utdanning (jf. kap. 2410)

5 279 741

3 847 700

3 495 200

-9,2

Sum kategori 07.80

12 367 603

11 723 569

15 895 082

35,6

Sum programområde 07

14 223 392

13 933 386

18 069 500

29,7

Sum inntekter

14 223 392

13 933 386

18 069 500

29,7

Inntekter fordelte på postgrupper

 

(i 1 000 kr)

Postgr.

Nemning

Rekneskap 2003

Saldert budsjett 2004

Forslag 2005

Pst. endr. 04/05

01-29

Sal av varer og tenester o.a.

609 371

283 327

179 639

-36,6

50-89

Skatter, avgifter og andre overføringar

6 674 261

5 920 059

5 636 361

-4,8

90-99

Utlån, avdrag o.a.

6 939 760

7 730 000

12 253 000

58,5

Sum under departementet

14 223 392

13 933 386

18 069 500

29,7

Fotnoter

1.

Forskingsinstitutta Norsk institutt for studiar av forsking og utdanning og Senter for innovasjonsforskning vart samanslåtte til NIFU STEP 1. mai 2004.