Del 2
Nærmare om budsjettforslaget
Programkategori 07.10 Administrasjon
Utgifter under programkategori 07.10 fordelte på kapittel
(i 1 000 kr) | |||||
---|---|---|---|---|---|
Kap. | Nemning | Rekneskap 2003 | Saldert budsjett 2004 | Forslag 2005 | Pst. endr. 04/05 |
0200 | Utdannings- og forskingsdepartementet (jf. kap. 3200) | 165 542 | 166 359 | 177 025 | 6,4 |
0202 | Læringssenteret (jf. kap. 3202) | 120 616 | 135 221 | -100,0 | |
0203 | Statens utdanningskontor (jf. kap. 3203) | 119 082 | |||
0204 | Foreldreutvalet for grunnskolen (jf. kap. 3204) | 6 237 | 5 661 | -100,0 | |
0206 | Samisk utdanningsadministrasjon | 26 689 | 27 589 | 28 569 | 3,6 |
Sum kategori 07.10 | 438 167 | 334 830 | 205 594 | -38,6 |
Budsjettforslaget for kategori 07.10 utgjer 205,6 mill. kroner. Det er 129,2 mill. kroner mindre enn i saldert budsjett 2004. Ein nedgang på 139,9 mill. kroner skriv seg frå tekniske endringar. Sjå nærmare omtale under det einskilde kapitlet.
Inntekter under programkategori 07.10 fordelte på kapittel
(i 1 000 kr) | |||||
---|---|---|---|---|---|
Kap. | Nemning | Rekneskap 2003 | Saldert budsjett 2004 | Forslag 2005 | Pst. endr. 04/05 |
3200 | Utdannings- og forskingsdepartementet (jf. kap. 200) | 9 871 | 2 692 | 2 784 | 3,4 |
3202 | Læringssenteret (jf. kap. 202) | 18 947 | 18 196 | -100,0 | |
3203 | Statens utdanningskontor (jf. kap. 203) | 23 498 | |||
3204 | Foreldreutvalet for grunnskolen (jf. kap. 204) | 797 | 228 | -100,0 | |
Sum kategori 07.10 | 53 113 | 21 116 | 2 784 | -86,8 |
Budsjettforslaget for programkategori 07.10 utgjer om lag 2,8 mill. kroner. Dette er 18,3 mill. kroner mindre enn i saldert budsjett 2004. Nedgangen skriv seg frå tekniske endringar.
Mål: Å utforme Regjeringa sin utdannings- og forskingspolitikk og sikre at denne blir gjennomført i sektorane
Utdannings- og forskingsdepartementet har det overordna ansvaret for utforminga og gjennomføringa av den nasjonale politikken innanfor kunnskapssektoren.
Departementet og verksemdene i utdannings- og forskingssektoren står framfor store oppgåver med tanke på å følgje opp dei måla Regjeringa og Stortinget har for sektoren.
I april 2004 la Regjeringa fram St.meld. nr. 30 (2003–2004), Kultur for læring. Meldinga vart behandla i Stortinget i juni 2004, jf. Innst.S. nr. 268 (2003–2004). Oppfølging av meldinga og Stortingets handsaming av han vil bli ei sentral oppgåve i Utdannings- og forskingsdepartementet.
Regjeringa har valt utdanning, med særleg vekt på grunnopplæringa, som eit sentralt område for modernisering og forenkling av offentleg sektor. Arbeidet med modernisering omfattar ei rekkje tiltak og prosessar som skal styrkje kvaliteten på tenestetilboda, gi større fridom lokalt, betre ressursutnyttinga og styrkje brukarmedverknaden samt sikre interessene til brukarane. Det blir arbeidd innanfor fleire område.
Det nasjonale systemet for kvalitetsvurdering er etablert og Skoleporten.no opna i haust. Departementet vil utvikle dei nasjonale prøvene som ein del av grunnlaget for utvikling av kvaliteten på grunnopplæringa.
Kvalitetsreforma er ei omfattande omlegging av høgre utdanning i Noreg. Kvaliteten på høgre utdanning skal bli betre, samarbeidet med samfunns- og næringsliv skal bli tettare, det internasjonale aspektet skal styrkjast, og intensiteten i utdanninga skal aukast, sjå nærmare omtale under kategori 07.60. Departementet har ei viktig oppgåve med å følgje opp og sikre at reforma blir gjennomført på ein god måte.
Regjeringa tek sikte på å leggje fram ei ny stortingsmelding om forsking våren 2005. Utdannings- og forskingsdepartementet leiar arbeidet.
Det er inngått samarbeid med Noregs forskingsråd om eit langsiktig program for utdanningsforsking for perioden 2003–07. Formålet med programmet er å styrkje norsk utdanningsforsking, bidra til langsiktig kunnskap om utdanning og læring, styrkje kunnskapsgrunnlaget for utdannings- og forskingspolitikken, samt medverke til det offentlege ordskiftet om kunnskap, utdanning og læring.
Internasjonalt samarbeid på utdannings- og forskingsområdet er aukande. Departementet deltek aktivt i ulike forum og aktivitetar i Nordisk Ministerråd, EU/EØS, OECD, Europarådet og UNESCO og er i fleire av organisasjonane med på å utvikle og utforme felles målsetjingar, handlingsplanar og prosjekt. Departementet legg stor vekt på å styrkje internasjonalt forskingssamarbeid. Dette blir òg lagt til grunn i Forskingsrådet sin strategi for internasjonalisering. I bistandsarbeidet medverkar departementet med fagkompetanse på utdanningsområdet gjennom ei rammeavtale med NORAD og egne samarbeidsavtalar med søsterdepartement i Zambia og Nepal.
Regjeringa gir gjennom kap. 206 Samisk utdanningsadministrasjon løyving til drift av opplæringsavdelinga til Sametinget, samt til produksjon og utvikling av læremiddel for samiske elevar og råd og rettleiing til lærarar som gir opplæring til samiske elevar.
Mål: Målretta og heilskapleg styring skal setje sektorane og underliggjande verksemder i stand til å løyse oppgåvene sine på ein god og effektiv måte
Etableringa av Utdanningsdirektoratet, direktoratet for utvikling av grunnskole og vidaregåande opplæring, er eit ledd i å styrkje den statlege utdanningsadministrasjonen og inngår i ein samla strategi for kvalitetsutvikling i grunnopplæringa. Direktoratet skal forvalte nasjonale verkemiddel for kvalitetsutvikling og samstundes byggje på at ansvaret for grunnopplæringa ligg hos kommunar, fylkeskommunar og andre skoleeigarar.
Departementet ønskjer gjennom auka fristilling å leggje til rette for at universitet og høgskolar kan utføre oppgåvene sine meir effektivt. Departementet har lagt fram for Stortinget forslag om eit nytt lovverk for høgre utdanning, jf. omtale under kategori 07.60.
Departementet har gjennomført eit tverrdepartementalt prosjekt om sektoransvaret for forsking og styringa av løyvingane til Noregs forskingsråd. Rapporten frå prosjektet vart lagt fram i mars 2004. Rapporten seier kva som ligg i sektoransvaret for forsking. I tillegg vart det utarbeidd ei rettleing til hjelp for departementa i deira utøving av sektoransvaret. Som ei oppfølging av dette arbeidet har departementet sett i gang eit prosjekt om forskings- og utviklingsstrategiane til departementa. Prosjektet skal avsluttast hausten 2004.
Departementet satsar kontinuerleg på å utvikle etatsstyringa slik at politikken til Regjeringa blir gjennomført på ein god og effektiv måte. Departementet legg vekt på å ha ein god dialog med kommunesektoren, som har ansvaret for grunnskolen og den vidaregåande opplæringa.
Kap. 200 Utdannings- og forskingsdepartementet (jf. kap. 3200)
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2003 | Saldert budsjett 2004 | Forslag 2005 |
01 | Driftsutgifter | 159 047 | 159 897 | 169 347 |
21 | Særskilde driftsutgifter | 2 226 | 4 123 | 5 297 |
45 | Større utstyrsinnkjøp og vedlikehald , kan overførast | 4 269 | 2 339 | 2 381 |
Sum kap. 200 | 165 542 | 166 359 | 177 025 |
I høve til 2004 er det gjort desse tekniske endringane:
Post 01 er oppjustert med 4,9 mill. kroner sidan midlar knytte til stillingar i departementet er flytta frå kapitla 226, 248, 281 og 287.
Post 01 er nedjustert med 4,4 mill. kroner sidan stillingar er flytta frå departementet til Utdanningsdirektoratet.
Post 01 er auka med kr 452 000 som kompensasjon for innføring av elavgift, jf. St.meld. nr. 2 (2003–2004).
Kapitlet omfattar:
lønn og drift i departementet
Regjeringa sitt arbeid med utdannings- og forskingspolitikken
kjøp av datautstyr, programvare og tenester som blir nytta til utviklinga av IKT-systemet i departementet
Resultatrapport for 2003–04
I perioden 2003–04 har departementet i tillegg til dei faste budsjettproposisjonane utarbeidd følgjande meldingar og proposisjonar som er lagde fram for Stortinget:
St.meld. nr. 12 (2003–2004) Om modernisering av Statens lånekasse for utdanning
Ot.prp. nr. 84 (2003–2004) Om lov om endringer i lov av 20. juni 2003 nr. 56 om fagskoleutdanning
Ot.prp. nr. 85 (2003–2004) Om lov om endringer i lov av 6. desember 2002 nr. 72 om folkehøgskoler
St.meld. nr. 14 (2003–2004) Om opplæringstilbod for hørselshemma
St.meld. nr. 30 (2003–2004) Kultur for læring
Ot.prp. nr. 7 (2003–2004) Om lov om endringar i lov 17. juli 1998 nr. 61 om grunnskolen og den vidaregåande opplæringa (opplæringslova)
Ot.prp. nr. 55 (2003–2004) Om lov om endringar i opplæringslova og friskolelova
Ot.prp. nr. 64 (2003–2004) Om lov om endringar i lov 4. juli 2003 nr. 84 om frittståande skolar (friskolelova)
Ot.prp. nr. 79 (2003–2004) Om lov om universiteter og høgskoler
Den 1. januar 2004 var 247 årsverk lønte under kap. 200 over budsjettet til Utdannings- og forskingsdepartementet. Dette er same nivået som året før. I tillegg finansierte departementet stillingar over fagkapittel knytte til einskilde prosjekt.
Den 15. juni 2004 vart Utdanningsdirektoratet, direktoratet for utvikling av grunnskole og vidaregåande opplæring, oppretta. Tilsette og oppgåver frå Læringssenteret og Sentraladministrasjonen i det statlige spesialpedagogiske støttesystem (Statped) vart førte over til Utdanningsdirektoratet. I tillegg vart enkelte forvaltningsoppgåver og tilsette frå Utdannings- og forskingsdepartementet førte over.
Det nasjonale systemet for kvalitetsutvikling er etablert, og dei første resultata vart offentleggjorde i haust. I tråd med departementets forslag i Ot.prp. nr. 55 (2003–2004) er det lagt opp til eit nytt ledd i opplæringslova § 13–10 og friskolelova § 5–2, som presiserer at skoleeigar og styret for frittståande skolar skal ha eit forsvarleg system for vurdering av om krava i lovverket og forskriftene blir oppfylte. Det er òg presisert at skoleeigar og styret for frittståande skolar skal ha eit forsvarleg system for å følgje opp resultata av sine eigne vurderingar og nasjonale kvalitetsvurderingar.
I tråd med forslaget frå Regjeringa i Ot.prp. nr. 55 (2003–2004) vedtok Stortinget at Rådet for fagopplæring i arbeidslivet (RFA) blir erstatta av eit samarbeidsorgan med deltaking frå partane i arbeidslivet og departementet. Dette vil innebere at organet ikkje gjer vedtak på same måten som RFA, men at partane og departementet gjennom løpande dialog kan påverke kvarandre når det gjeld røyndomsforståing og problemforståing, og i fellesskap kan diskutere tiltak som vil tene utviklinga av fag- og yrkesutdanninga. Koordineringa og førebuinga av arbeidet i samarbeidsorganet skal skje i Utdanningsdirektoratet. Det er òg skipa nye faglege råd som erstatning for dei eksisterande opplæringsråda.
Publikasjonen «Ungdom, film og kjønn: håndbok for lærere om likestilling» er sendt ut til grunnskolar og vidaregåande opplæringsinstitusjonar i heile landet. Handboka er produsert av Likestillingssenteret i samarbeid med Læringssenteret og gir tips til korleis ein kan problematisere tema som vennskap, kjønnsroller, trakassering og utdannings- og yrkesval i undervisninga. Nettstaden www.menniskolen.no er oppretta for å rekruttere fleire menn til arbeid i skolen. Nettstaden er utvikla og betra siste året.
Departementet har i samarbeid med Kommunenes Sentralforbund, lærarane og skoleleiarane sine organisasjonar og universitets- og høgskolesektoren, utvikla Strategi for kompetanseutvikling for perioden 2005–08, jf. nærmare omtale under kategori 07.20.
Kvalitetsreforma inneber ei omfattande omlegging av høgre utdanning i Noreg. Måla er betre kvalitet på høgre utdanning, auka studieintensitet, raskare gjennomføring, tettare samarbeid med samfunns- og næringsliv og ei styrking av det internasjonale aspektet.
I samband med vedtak om innføringa av Kvalitetsreforma bad Stortinget også om ei uavhengig evaluering av omleggingane innanfor høgre utdanning. Forskingsrådet har fått ansvaret for denne evalueringa, og fagmiljø frå Norsk institutt for studier av forsking og utdanning – Senter for innovasjonsforsking (NIFU STEP) og Rokkan-senteret ved Universitetet i Bergen står for gjennomføringa. Evalueringa skal vere ferdig innan utgangen av 2006. Sjå nærmare omtale under kategori 07.60.
Stortinget bad i Innst. S. nr. 12 (2003–2004) om eit forprosjekt for ei ny undersøking av levekår for studentar. Statistisk sentralbyrå (SSB) har fått i oppdrag å gjennomføre ei undersøking som kartlegg studentane sine levekår og studiekvardagen deira, og som gir grunnlag for å samanlikne situasjonen etter at Kvalitetsreforma er gjennomført, med undersøkinga i 1998. Data blir innhenta i 2005, mens resultat av analysen først vil vere klare i 2006.
Handlingsplanen for Kompetansereformen (1999–2003) er oppsummert. Rapporten syner at dei planlagde tiltaka i all hovudsak er gjennomførte, og at det er komme på plass ei rekkje gode ordningar for vaksne. Sjå kategori 07.50, kap. 258 for nærmare omtale.
Departementet har følgt opp Stortingets vedtak i samband med Stortingets behandling av Ot.prp. nr. 32 (2002–2003) Om lov om fagskoleutdanning, jf. Innst. O. nr. 78 (2002–2003). Vedtaket omhandla læringsmiljøet for studentar ved fagskolane.
Departementet har starta oppfølginga av St.meld. nr. 12 (2003–2004) Om modernisering av Statens lånekasse for utdanning. Dei nærmaste åra skal Lånekassen skifte ut IKT-systema sine, og verksemda skal bli konsentrert om kjerneoppgåvene søknadshandsaming, regelforvaltning og økonomiforvaltning knytt til utdanningsstøtteordningane. Vidare skal Statens innkrevingssentral få eit større ansvar for innkrevjing av misleghaldne studielån.
Departementet har følgt opp evalueringa av Noregs forskingsråd. Mellom anna gjeld dette arbeidet med å sikre habilitet i sakshandsaming av søknader. Sjå omtale under kategori 07.70.
I samband med ny stortingsmelding om forsking har departementet sett i verk ein gjennomgang av forskingsinstituttsektoren. Prosjektet skal mellom anna sjå på forholdet mellom universitets- og høgskolesektoren og forskingsinstitutta.
Departementet har oppretta ein komité for rekruttering av kvinner til forsking. Komiteen skal gi råd om tiltak som kan medverke til å integrere likestillingsarbeidet i verksemda til institusjonane i universitets- og høgskolesektoren. Sjå omtale under kategori 07.60 og 07.70.
Barne- og familiedepartementet gir ut eit vedlegg til budsjettet der ulike budsjettområde er analyserte i eit kjønns- og likestillingsperspektiv. Utdannings- og forskingsdepartementet har i år gitt ei vurdering av likestillingssituasjonen i akademia, med særleg tanke på rekrutteringa av kvinner til faste vitskaplege stillingar.
Departementet har gjennomført eit prosjekt om organisering av grunnforsking. Prosjektet såg spesielt på ansvars- og arbeidsfordeling mellom universitets- og høgskolesektoren og Noregs forskingsråd. Rapporten frå prosjektet vart ferdigstilt våren 2004.
Verksemda for det nordiske arbeidet har vore prega av fleire store pågåande prosessar i det norske utdannings- og forskingssamarbeidet:
oppfølging av Norrback-rapporten
Kviteboka om forsking og innovasjon
oppfølging av institusjonsutgreiinga
omorganiseringa av dei nordiske mobilitets- og nettverksprogramma i Nordplus-familien
samarbeidet med nærområda
OECD og EU har lenge vore opptekne av kompetanse som drivkraft for økonomisk utvikling og velferd. I juni vart Noreg vertskap for den åttande ministerkonferansen for utdanningsministrane i Europa, «Lifelong learning, from rhetoric to reality», i samarbeid med EU-kommisjonen og det irske formannskapet i EU. Departementets arbeid med Kompetanseberetningen har òg medverka til å betre kunnskapsgrunnlaget om læring i arbeidslivet, samt nye tilnærmingar i kompetansepolitikken.
Departementet har medverka aktivt i gjennomføringa av Noregs formannskap i Europarådet i andre halvår 2004, med særleg vekt på tiltak med sikte på dialog og konfliktførebygging mellom grupper i samfunnet. Noreg var ved det høvet vertskap i juni for ein europeisk konferanse om den religiøse dimensjonen ved interkulturell undervisning.
Departementet har ansvar for dei generelle direktiva om godkjenning av yrkeskvalifikasjonar. I 2004 har EU-utvidinga og eit nytt direktivforslag som slår saman alle 15 eksisterande godkjenningsdirektiv, stått i fokus. Det er venta at det nye direktivforslaget blir godkjent i første halvdelen av 2005.
Departementet har eit interdepartementalt koordineringsansvar for det norske UNESCO-arbeidet og sekretariatsansvaret for den norske UNESCO-kommisjonen. Ein ny Nasjonalkommisjon er oppnemnd med verknad frå september 2004, og vedtektene er reviderte.
På generalkonferansen til UNESCO i 2003 vart den norskinitierte resolusjonen om «Higher Education and Globalization» einstemmig vedteke. Resolusjonen styrkte UNESCO si leiande rolle i å koordinere aktivitetar når det gjeld kvalitetssikring, akkreditering og godkjenning av kvalifikasjonar i høgre utdanning, i nært samarbeid med andre internasjonale organisasjonar. Generalkonferansen stadfesta òg UNESCOs hovudansvar for oppfølging av Dakar-erklæringa om utdanning for alle («Education for All»/EFA), der verdssamfunnet forpliktar seg til å gi grunnutdanning til alle innan 2015. Departementet har i sitt arbeid med «Utdanning for alle» fokusert særleg på jenter og utdanning og funksjonshemma sine rettar til opplæring. Sjå kategori 07.70, kap. 288 for nærmare omtale.
Som ledd i departementet sitt samarbeid med NORAD har ein i tillegg til landbaserte oppgåver arbeidd med tematikken Kultur og språkproblematikk i utdanninga, utdanningstiltak for fattige på landsbygda, yrkesfagleg opplæring og følgjeforsking knytt til sektorprogramma. Institusjonssamarbeidet med Zambia og Nepal er vidareført og utvida til å gjelde institusjonsutvikling og leiaropplæring.
Departementet er oppteke av at miljøomsyn blir teke hand om i den daglege drifta, og har sett i verk ulike interne tiltak. Det vert mellom anna oppmoda til å bruke svanemerkte trykkeritenester. Det er òg kjøpt inn kopimaskiner som gjer kopiering og utskrift på to sider enklare. I tillegg vil nytt elektronisk arkivsystem og meir bruk av elektronisk post på sikt redusere papirforbruket.
Resultatmål for 2005
Departementet vil arbeide med å innhente kunnskap og gjennomføre analysar og internasjonale samanlikningar som grunnlag for vidare utvikling av utdannings- og forskingspolitikken. Vidare skal departementet fremme likestilling gjennom å integrere kjønnsperspektivet i alt sektorarbeid.
Departementet vil følgje opp Innst. S. nr. 268 (2003–2004) og St.meld. nr. 30 (2003–2004) Kultur for læring.
Det vil også bli arbeidd vidare med utviklinga av det nasjonale kvalitetsvurderingssystemet. Vurderingssystemet omfattar mellom anna dei nasjonale prøvene, elevinspektørane, eksamensstatistikk samt andre kartleggingar og undersøkingar knytte til læringsutbytte, ressursar og gjennomføring. Det vil bli arbeidd med vidare utvikling av dei ulike elementa i vurderingssystemet og med å få delane til å fungere i ein heilskap. Departementet vil systematisk betre innhaldet i og gjennomføringa av dei nasjonale prøvene. Skoleporten.no vil bli vidareutvikla som verktøy i det nasjonale kvalitetsvurderingssystemet slik at portalen kan gi eit breitt, informativt og oppdatert bilde av norsk grunnopplæring.
Departementet vil arbeide med å forenkle strukturen i vidaregåande opplæring. Ei omlegging frå sterkt spesialiserte og til dels fagleg overlappande yrkesfaglege studieretningar til breiare yrkesførebuande utdanningsprogram vil gi større fleksibilitet for organisering og tilrettelegging av opplæringa for fylkeskommunane. Dette vil også gjere tilrettelegginga for elevar og lærlingar smidigare.
Det vil bli arbeidd vidare med å lage nye læreplanar i grunnopplæringa. Læreplanar for dei fleste elevane i grunnskolen og vidaregåande opplæring skal ferdigstillast våren 2005.
Våren 2005 vil departementet leggje fram ein odelstingsproposisjon om endringane i opplæringslova i samsvar med dei vedtaka Stortinget gjorde i samband med handsaminga av St.meld. nr. 30 (2003–2004).
Ei ny stortingsmelding om forsking skal leggjast fram våren 2005. Departementet skal følgje opp arbeidet med lovfesting av dei forskingsetiske komiteane og eit system som kan handsame fusk i forsking. I samarbeid med berørte departement og Noregs forskingsråd skal Utdannings- og forskingsdepartementet leggje til rette for auka bilateralt samarbeid med land utanfor EU. Departementet skal i tilegg leggje til rette for styrkt deltaking i EUs rammeprogram for forsking, med særleg vekt på førebuingar til norsk deltaking i det sjuande rammeprogrammet. Vidare skal departementet medverke aktivt i utviklinga av eit europeisk forskingsområde (ERA). Regjeringa la i St.prp. nr. 63 (2003–2004) fram forslag om å omgjere Meteorologisk institutt til eit statleg forvaltningsorgan med særskilde fullmakter, medrekna nettobudsjettering frå 1. januar 2005. Utdannings- og forskingsdepartementet skal i 2005 arbeide med organiseringa av den kommersielle verksemda ved Meteorologisk institutt.
Departementet skal følgje opp gjennomføringa av Kvalitetsreforma ved universitet og høgskolar og følgje opp endringar i lov om universitet og høgskolar med nye forskrifter. I tillegg har departementet varsla ein gjennomgang av lov om studentsamskipnader. Det vil bli lagt vekt på samarbeidet med komiteen for integrering av likestillingstiltak ved institusjonane i høgre utdanning og forsking. I arbeidet med internasjonalisering ved universitet og høgskolar skal departementet blant anna leie Bologna-prosessen og arrangere ministerkonferanse i mai 2005. Departementet skal òg utvikle forskingskomponenten og vurdere ein ny formidlingskomponent i finansieringssystemet for universitet og høgskolar.
Regjeringa har lagt fram forslag til ei felles lov for statlege og private høgre utdanningsinstitusjonar, som gir eit felles rammeverk for høgre utdanning, jf. Ot.prp. nr. 79 (2003–2004). Etter at Stortinget har behandla lovforslaget, vil departementet få oppgåver knytte til implementering av den nye lova, mellom anna utarbeiding av nye forskrifter og retningslinjer i tråd med Stortinget sitt vedtak til lov.
På bakgrunn av ei rekkje endringar i støtteordningane i Lånekassen dei siste åra, vil departementet leggje fram forslag til ny utdanningsstøttelov. Vidare skal departementet følgje opp stortingsmeldinga om modernisering av Lånekassen som vart lagd fram hausten 2003. Sjå nærmare omtale under kategori 07.80. Departementet skal òg følgje opp resultata frå OECD-undersøkinga «Adult Literacy and Lifeskills Survey» og Brügge-prosessen om å byggje ned hindringar knytte til ulike krav til yrkeskvalifikasjonar i dei ulike landa. Sistnemnde for å medverke til auka mobilitet av arbeidskraft. Departementet skal i 2005 vurdere aldersgrensa for vaksne sin rett til vidaregåande opplæring.
Departementet skal følgje opp Program for digital kompetanse 2004–2008, mellom anna gjennom prosjektet «Lærende Nettverk», jf. kap. 248, og andre tiltak.
I det nordiske samarbeidet innanfor utdanning og forsking skal den gjeldande femårige strategien bli erstatta med ein treårig strategi for perioden 2005–07. Prioriteringar for den nye strategien er realisering og oppfølging av Kviteboka, mobilitet og å halde fram nedbygging av grensehindra, vaksne si læring, kvalitet i utdanninga samt internasjonale utfordringar i samband med globalisering, til dømes berekraftig utvikling i utdanning og forsking som eit gjennomgåande perspektiv i samarbeidet.
Departementet vil, i samarbeid med EU-delegasjonen, vidareutvikle norsk Forum for forsking og innovasjon i Brussel, samt påverke utforminga av EUs sjuande rammeprogram for forsking og andre relevante policyprosessar på forskingsområdet.
For å styrkje det norske UNESCO-arbeidet vil det i 2005 bli lansert ein norsk kandidat til Eksekutivrådet i UNESCO. Ein vil arbeide for at UNESCO internasjonalt skal ta eit sterkt koordineringsansvar for «Utdanning for alle» (EFA), samt følgje opp behandlinga av resolusjonen om «Higher Education and Globalization» frå Generalkonferansen (GK) 2003.
I bistandsarbeidet vil departementet halde fram samarbeidet med UD og NORAD og hjelpe til med fagleg rådgiving til fleire samarbeidsland, styrkje arbeidet med fagsenteroppgåver på bistandsfeltet og halde fram å utvide samarbeidet med søsterdepartementa i Nepal og Zambia.
Budsjettforslag for 2005
Løyvinga på post 01 skal dekkje lønn og drift i departementet. Løyvinga er styrkt med 3 mill. kroner. Etter arkivlova skal statlege verksemder avlevere eldre arkivmateriale til Riksarkivet. UFD har eit større etterslep i avlevering av arkivmateriale. Arbeidet er krevjande og må gjennomførast etter bestemte prosedyrar i samsvar med Riksarkivets krav. UFD planlegg eit omfattande avleveringsprosjekt med oppstart i 2005 og avslutning innan 2007. Avleveringa vil føre til betre dokumentasjon og tilgjenge av viktig historisk materiale. Utover dette og tekniske endringar er løyvinga til lønn og drift i departementet halden på om lag same nivå som i 2004. For å styrkje arbeidet opp mot OECD på utdannings- og forskingsfeltet vert det gjort framlegg om å etablere ein stilling som spesialutsending ved OECD-delegasjonen frå hausten 2005. Stillinga vert finansiert over fleire kapittel.
Løyvinga på post 21 dekkjer mellom anna utgifter knytte til arbeidet i Regjeringa med forskingspolitikken og arbeidet med kompetanseberetninga. Løyvinga er auka med 1 mill. kroner i samband med at regjeringane i Noreg og Sverige vil gi ut eit felles bokverk i 2005 for å markere hundreårsjubileet for unionsoppløysinga i 1905.
Løyvinga på post 45 gjeld kjøp av datautstyr, programvare og tenester som blir nytta til utviklinga av IKT-systemet i departementet. Løyvinga er ført vidare på same nivå som i 2004.
Kap. 3200 Utdannings- og forskingsdepartementet (jf. kap. 200)
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2003 | Saldert budsjett 2004 | Forslag 2005 |
02 | Salsinntekter o.a. | 1 000 | ||
05 | Refusjon utdanningsbistand NORAD o.a. | 2 853 | 2 692 | 2 784 |
16 | Refusjon av fødselspengar/adopsjonspengar | 2 788 | ||
17 | Refusjon for lærlingar | 79 | ||
18 | Refusjon av sjukepengar | 3 152 | ||
Sum kap. 3200 | 9 871 | 2 692 | 2 784 |
Kap. 202 Læringssenteret (jf. kap. 3202)
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2003 | Saldert budsjett 2004 | Forslag 2005 |
01 | Driftsutgifter | 76 758 | 91 234 | |
21 | Særskilde driftsutgifter , kan nyttast under post 70 | 14 329 | 7 590 | |
70 | Tilskott til læremiddel o.a. , kan overførast, kan nyttast under post 21 | 29 529 | 36 397 | |
Sum kap. 202 | 120 616 | 135 221 |
I høve til 2004 er det gjort følgjande tekniske endringar:
Løyvinga på kap. 202 post 01 er overført til kap. 220 post 01.
Løyvinga på kap. 202 post 21 er overført til kap. 220 post 21.
Løyvinga på kap. 202 post 70 er overført til kap. 220 post 70.
Kap. 3202 Læringssenteret (jf. kap. 202)
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2003 | Saldert budsjett 2004 | Forslag 2005 |
01 | Inntekter frå oppdrag | 6 742 | 7 256 | |
02 | Salsinntekter o.a. | 9 180 | 10 940 | |
16 | Refusjon av fødselspengar/adopsjonspengar | 784 | ||
17 | Refusjon for lærlingar | 15 | ||
18 | Refusjon av sjukepengar | 2 226 | ||
Sum kap. 3202 | 18 947 | 18 196 |
I høve til 2004 er det gjort følgjande tekniske endringar:
Løyvinga på kap. 3202 post 01 er overført til kap. 3220 post 01.
Løyvinga på kap. 3202 post 02 er overført til kap. 3220 post 02.
Kap. 203 Statens utdanningskontor (jf. kap. 3203)
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2003 | Saldert budsjett 2004 | Forslag 2005 |
01 | Driftsutgifter | 110 721 | ||
21 | Særskilde driftsutgifter | 8 362 | ||
Sum kap. 203 | 119 082 |
Løyvinga er frå og med 2004 flytta til kap. 1510 Fylkesmannsembeta på Moderniseringsdepartementet sitt budsjett.
Kap. 3203 Statens utdanningskontor (jf. kap. 203)
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2003 | Saldert budsjett 2004 | Forslag 2005 |
01 | Inntekter frå oppdrag | 9 266 | ||
02 | Salsinntekter o.a. | 2 241 | ||
11 | Kursavgifter | 9 743 | ||
15 | Refusjon for arbeidsmarknadstiltak | 116 | ||
16 | Refusjon av fødselspengar/adopsjonspengar | 432 | ||
17 | Refusjon for lærlinger | 64 | ||
18 | Refusjon av sjukepengar | 1 635 | ||
Sum kap. 3203 | 23 498 |
Kap. 204 Foreldreutvalet for grunnskolen (jf. kap. 3204)
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2003 | Saldert budsjett 2004 | Forslag 2005 |
01 | Driftsutgifter | 6 237 | 5 661 | |
Sum kap. 204 | 6 237 | 5 661 |
Løyvinga på kap. 204 post 01 er overført til kap. 220 post 01.
Kap. 3204 Foreldreutvalet for grunnskolen (jf. kap. 204)
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2003 | Saldert budsjett 2004 | Forslag 2005 |
02 | Salsinntekter o.a. | 583 | 228 | |
18 | Refusjon av sjukepengar | 214 | ||
Sum kap. 3204 | 797 | 228 |
Løyvinga på kap. 3204 post 02 er flytta til kap. 3220 post 02.
Kap. 206 Samisk utdanningsadministrasjon
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2003 | Saldert budsjett 2004 | Forslag 2005 |
50 | Tilskott til Sametinget | 26 689 | 27 589 | 28 569 |
Sum kap. 206 | 26 689 | 27 589 | 28 569 |
Kapitlet omfattar utgifter til:
drift av opplæringsavdelinga til Sametinget
produksjon og utvikling av læremiddel for samiske elevar, medrekna spesialpedagogiske læremiddel
læreplanarbeid og -utvikling
råd og rettleiing til lærarar som gir opplæring til samiske elevar i barnehage, grunnskole og vidaregåande opplæring
Sametinget har rådgivingsoppgåver overfor kommunar og fylkeskommunar om samisk opplæring. Opplæringsavdelinga til Sametinget deltek på møter som departementet og/eller Utdanningsdirektoratet har med den statlege utdanningsadministrasjonen. Sametinget er også sikra deltaking ved tilsynsbesøk i kommunar innanfor det samiske forvaltningsområdet.
Resultatrapport for 2003
Sametinget har, dels i samarbeid med Læringssenteret og Statleg spesialpedagogisk støttesystem, m.a.:
oppretta eigen nettstad med informasjon og rettleiing for lærarar, førskolelærarar, foreldre og elevar
utvikla samiske læremiddel, vidareutvikla Samisk læremiddelsentral, ajourført Samisk læremiddelkatalog og arrangert læremiddelkonferanse
sett i gang eller gitt støtte til fleire prosjekt, m.a. samisk begynnaropplæring, «Gi rom for lesing – Samisk», kvalitet i matematikkopplæringa, språkmotivering, kvalitetsutvikling i samisk vidaregåande opplæring, spesialpedagogisk kompetanseheving og utvikling av fjernundervisning
stimulert til utdanning i samisk språk og kultur, m.a. ved å gi stipend til elevar med samisk i fagkrinsen i vidaregåande skole og til studentar som tok vidareutdanning i spesialpedagogikk og læremiddelpedagogikk
greidd ut prinsipp og retningslinjer for vidaregåande opplæring for samar
Resultatmål for 2005
Departementet legg vekt på god kommunikasjon med Sametinget i saker som gjeld opplæring generelt og opplæring i høve til det samiske folket spesielt. Departementet føreset at Sametinget arbeider vidare med m.a. desse oppgåvene:
informasjon, kompetanseutvikling, rettleiing og utviklingstiltak
faglege råd og støtte til lærarar og utvikling, kvalitetssikring og produksjon av samiske læremiddel
vidareutvikling av Samisk Læringsnett og medverking til å integrere utvikling av samiske elektroniske læremiddel i nasjonale prosjekt
utarbeiding av gjennomgåande samisk opplæringsplan for vidaregåande opplæring og utvikling av læreplanar for samiskrelaterte fag i vidaregåande opplæring
stimulering til vaksenopplæring for det samiske folket og samarbeide med kommunar og fylkeskommunar om informasjonsverksemd retta mot vaksne samar om deira rett til grunnskole og vidaregåande opplæring
stimulering til kompetanseheving som kan fremme samiske språk og kultur hos lærarar
stimulering til forskings- og utviklingsarbeid og til nordisk samarbeid i samiske opplæringsspørsmål
Budsjettforslag for 2005
Løyvinga under kapitlet blir ført vidare på same nivå som i 2004.
For løyvingar til andre samiske utdanningsformål, sjå omtale under kategoriane 07.20 og 07.40.
Programkategori 07.20 Grunnopplæringa
Utgifter under programkategori 07.20 fordelte på kapittel
(i 1 000 kr) | |||||
---|---|---|---|---|---|
Kap. | Nemning | Rekneskap 2003 | Saldert budsjett 2004 | Forslag 2005 | Pst. endr. 04/05 |
0220 | Utdanningsdirektoratet (jf. kap. 3220) | 182 593 | |||
0221 | Grunnskolen (jf. kap. 3221) | 1 698 406 | 1 243 735 | -100,0 | |
0222 | Statlege grunn- og vidaregåande skolar og grunnskoleinternat (jf. kap. 3222) | 48 901 | 49 273 | 128 779 | 161,4 |
0223 | Vidaregåande opplæring | 262 020 | 263 690 | -100,0 | |
0224 | Fellestiltak i grunnopplæringa | 268 483 | 273 242 | -100,0 | |
0225 | Tiltak i grunnopplæringa (jf. kap. 3225) | 1 752 916 | |||
0226 | Kvalitetsutvikling i grunnopplæringa | 381 231 | 430 934 | 729 690 | 69,3 |
0227 | Tilskott til særskilde skolar | 53 860 | |||
0228 | Tilskott til frittståande skolar o.a. | 2 054 166 | |||
0229 | Andre tiltak | 6 988 | |||
0230 | Kompetansesenter for spesialundervisning (jf. kap. 3230) | 672 500 | |||
0232 | Statlege skolar med opplæring på vidaregåande nivå (jf. kap. 3232) | 111 850 | 88 905 | -100,0 | |
Sum kategori 07.20 | 2 770 892 | 2 349 779 | 5 581 492 | 137,5 |
Budsjettforslaget under kategori 07.20 utgjer 5 581,5 mill. kroner. Dette er ein auke på om lag 3 232 mill. kroner i høve til 2004. Av dette er om lag 2 870 mill. kroner knytt til tekniske endringar, sjå omtale under det einskilde kapittelet.
Inntekter under programkategori 07.20 fordelte på kapittel
(i 1 000 kr) | |||||
---|---|---|---|---|---|
Kap. | Nemning | Rekneskap 2003 | Saldert budsjett 2004 | Forslag 2005 | Pst. endr. 04/05 |
3220 | Utdanningsdirektoratet (jf. kap. 220) | 19 051 | |||
3221 | Grunnskolen (jf. kap. 221) | 66 584 | 50 147 | -100,0 | |
3222 | Statens grunn- og vidaregåande skolar og grunnskoleinternat (jf. kap. 222) | 5 035 | 377 | 5 131 | 1 261,0 |
3225 | Tiltak i grunnopplæringa (jf. kap. 225) | 52 038 | |||
3230 | Kompetansesenter for spesialundervisning (jf. kap. 230) | 77 772 | |||
3232 | Statlege skolar med opplæring på vidaregåande nivå (jf. kap. 232) | 11 482 | 5 362 | -100,0 | |
Sum kategori 07.20 | 83 101 | 55 886 | 153 992 | 175,5 |
Budsjettforslaget under kategori 07.20 utgjer om lag 154 mill. kroner. Dette er ein auke på om lag 98 mill. kroner i høve til 2004. Auken skriv seg frå tekniske endringer, sjå omtale under det einskilde kapittelet.
Løyvinga til grunnopplæringa er frå 2005 samla under kategori 07.20. Dette betyr at midlar til frittståande skolar og Statleg pedagogisk støttesystem (Statped) er flytta frå kategori 07.40. Vidare er løyvinga til Utdanningsdirektoratet også flytta til denne kategorien.
Ressursar i grunnopplæringa
Elevar og lærlingar i grunnopplæringa
I skoleåret 2003–04 var det registrert 606 904 elevar i kommunale grunnskolar (inkl. kommunale spesialskolar) og 169 010 elevar i offentlege vidaregåande skolar (fylkeskommunale og statlege skolar). Talet på elevar i grunnskolen har auka jamt dei siste åra. Sidan 1999 har det vorte 6,0 pst. fleire elevar i grunnskolen. Veksten siste år var på 1,1 pst. Frå 2002 auka talet på elevar i vidaregåande opplæring for første gong på fleire år. Siste året har talet på elevar i offentlege vidaregåande skolar auka med 5,8 pst. I 2003 var det totalt 28 490 lærlingar. Dette er ein nedgang på om lag 2 pst. frå året før. Nedgangen skuldast i hovudsak ein nedgang i talet på eldre lærlingar. I 2003 var det registrert 13 525 nye lærekontraktar, mot 14 300 i 2002.
Talet på kommunale grunnskolar har i perioden 1999–2003 gått ned med 3,5 pst., mens talet på elevar per skole har auka med om lag 9,7 pst. GSI gir ei oversikt over endringar i skolestruktur, nedlagde og nyoppretta grunnskolar/institusjonar for skoleåret 2003–04. I alt vart 54 kommunale grunnskolar reelt nedlagde, medan det vart oppretta 14 nye grunnskolar. Talet på offentlege vidaregåande skolar har i perioden 1999–2003 gått ned med 11,2 pst., mens talet på elevar per skole har auka med 18,9 pst.
Elevar, lærlingar og skolar. Kommunale grunnskolar1 og offentlege vidaregåande skolar2. 1999–2000 til 2003–04.
1999–2000 | 2000–01 | 2001–02 | 2002–03 | 2003–04 | |
---|---|---|---|---|---|
Grunnskole | |||||
Elevar | 572 374 | 581 788 | 590 223 | 600 382 | 606 904 |
Skolar | 3 255 | 3 238 | 3 212 | 3 182 | 3 142 |
Elevar per skole | 176 | 180 | 184 | 189 | 193 |
Vidaregåande opplæring | |||||
Elevar | 160 244 | 155 440 | 153 902 | 159 688 | 169 010 |
Lærlingar | 31 446 | 29 945 | 29 325 | 29 085 | 28 490 |
Skolar | 481 | 480 | 450 | 441 | 427 |
Elevar per skole | 333 | 324 | 342 | 362 | 396 |
1 Kommunale grunnskolar inkl. kommunale spesialskolar.
2 Fylkeskommunale og statlege vidaregåande skolar.
Kilde: GSI og SSB
I skoleåret 2003–04 gjekk 11 955 elevar ved 115 ordinære frittståande grunnskolar. Dette er ein vekst på 7,1 pst. frå året før, og desse elevane utgjer no 1,9 pst. av talet på elevar i kommunale grunnskolar. Vidare gjekk det 8 428 elevar ved 63 frittståande vidaregåande skolar. Dette er ein vekst på 2,9 pst. frå året før, og desse elevane utgjer no 4,7 pst. av talet på elevar i offentlege vidaregåande skolar. Etter at friskolelova vart sett i verk 1. oktober 2003 er det godkjent 32 nye grunnskolar. 10 av desse ville ikkje ha vorte godkjent etter den gamle privatskolelova. Frå regjeringsskiftet fram til friskolelova var iverksett vart det godkjent 29 grunnskolar. Sjå kap. 228 post 70 for meir informasjon om dei frittståande skolane.
Det er venta at talet på elevar i grunnopplæringa vil stige i dei nærmaste åra. Den sterkaste veksten vil komme i dei ungdomskulla som rekrutterer til vidaregåande opplæring. Frå 2002 til 2003 auka talet på unge mellom 16 og 18 år med 3 000. Det er venta at talet på unge vil stige med i overkant av 15 pst. frå 2004 fram til 2009. Samtidig som talet på unge aukar, er også stadig fleire av dei unge i vidaregåande opplæring. Denne delen har auka frå 88,8 pst. i 2002 til 89,3 pst. i 2003. I tillegg har den delen av elevane som er 20 år og eldre, auka frå 12,1 pst. i 2001 til 14,8 pst. i 2003 (TBU). Alt i alt inneber dette auka etterspørsel etter undervisningstenester innanfor vidaregåande opplæring. Dette stiller fylkeskommunane overfor store utfordringar. Utviklinga i talet på elevar i vidaregåande skole var ein viktig årsak til at fylkeskommunane fikk ein sterkare prosentvis vekst i dei frie inntektene enn kommunane i 2004. Regjeringa legg også i 2005 opp til ein sterkare prosentvis vekst i dei frie inntektene for fylkeskommunane enn for kommunane i samband med det auka elevtalet i vidaregåande opplæring.
Ressursar
Gruppestorleik, utgifter per elev (nominelle prisar)1 lærarårsverk, lærartimar
2000–01 | 2001–02 | 2002–03 | 2003–04 | |
---|---|---|---|---|
Grunnskole | ||||
Berekna gruppestorleik | 16,6 | 16,7 | 17,2 | 17,6 |
Korrigerte brutto driftsutgifter per elev | 58 052 | 59 031 | 63 469 | |
Elevar per lærarårsverk | 11,5 | 11,5 | 11,9 | 12,4 |
Lærartimar til undervisning per elev | 73,3 | 73,2 | 72,9 | 71,5 |
Vidaregåande opplæring | ||||
Korrigerte brutto driftsutgifter per elev i vidaregåande opplæring2 | 96 305 | |||
Korrigerte brutto driftsutgifter per elev i allmennfaglege studieretningar3 | 80 055 | 86 543 | ||
Korrigerte brutto driftsutgifter per elev i yrkesfaglege studieretningar4 | 99 486 | 107 111 | ||
Elevar per årsverk5 | 6,86 | 6,80 | 7,07 |
1 Tala for utgifter per elev omfattar alle kommunar og fylkeskommunar, inkl. Oslo.
2 Inkluderer KOSTRA-funksjonane 510, 520 og 541–556, ikkje 554.
3 Inkluderer KOSTRA-funksjonane 510, 520, 541, 547 og 549.
4 Inkluderer 510–556, utanom 541, 547, 549 og 554.
5 SSB har ikkje publisert tal for lærarårsverk skoleåret 2003–04.
Kilde: Statistisk sentralbyrå.
Frå og med 1. august 2003 vart regelen om maksimalt elevtal i klassane erstatta av ein regel om pedagogisk forsvarlege undervisningsgrupper. Denne endringa har ført til at indikatorar som tidlegare har vore brukt som mål på ressursinnsatsen knytt til klasse, fell bort. Den nye indikatoren for gjennomsnittleg gruppestorleik er basert på forholdet mellom elevtimar og lærartimar. Elevtimar er det samla timetalet elevane har krav på etter den forskriftsfesta fag- og timefordelinga og eventuelle kommunale tillegg. Lærartimar er det samla timetalet lærarane underviser desse elevane. Indikatoren gir eit mål på lærartettleiken i skolen.
Tabellen over viser at berekna gjennomsnittleg gruppestorleik for ordinær opplæring i grunnskolen har auka frå 16,6 elevar i 2000 til 17,6 elevar i 2003. Frå 2002 til 2003 auka gruppestorleiken med 2,3 pst. Dersom gruppestorleiken blir rekna ut frå alle lærartimane som blir gitte (inkludert spesialundervisning etc.), har det vore ein auke. frå 2002 til 2003, frå 14,2 til 14,5 elevar per gruppe.
Gjennomsnittleg auka utgiftene per elev i grunnskolen med 7,5 pst. frå 2002 til 2003. For 2003 ligg talet på heilårsekvivalentar for 2003 til grunn for indikatoren korrigerte brutto driftsutgifter per elev, mens for 2002 er det talet på elevar per 1. oktober 2002 som er brukt. Lønnskostnadene steig noko meir enn andre driftskostnader. Dette er med på å forklare at driftsutgiftene per elev har auka samstundes som lærartimar har gått marginalt ned, jf. figur 6.1. Det er store variasjonar i endring i utgifter per elev mellom kommunane, frå ein reduksjon i utgiftene frå 2002 til 2003 med om lag 6 pst. til ein auke på om lag 36 pst. Det er likevel berre eit fåtal kommunar som har store variasjonar i utgiftene. Dei aller fleste kommunane ligg innanfor +/- 5 pst. variasjon i forhold til gjennomsnittet.
Når det gjeld utgiftene per elev i vidaregåande opplæring, viser indikatoren korrigerte brutto driftsutgifter per elev ein relativt stor vekst i kostnadene per heilårsekvivalent frå 2002 til 2003, både på allmennfag og på yrkesfag. Dette stemmer dårleg med andre oppgåver over forbruket til vidaregåande opplæring. Noko kan skuldast at statistikken over både elevtal og talet på heilårsekvivalentar har hatt dårleg kvalitet i 2002 og 2001. I KOSTRA er indikatoren netto driftskostnader per ungdom i alderen 16–18 år ein indikator på prioritering. Denne indikatoren syner at det jamt over har vore ei rasjonalisering når det gjeld vidaregåande opplæring.
Lønn til lærarar utgjer den største delen av driftsutgiftene i skolen. For 2003 utgjorde lønnsutgiftene 77 pst. av korrigerte brutto driftsutgifter per elev i grunnskolen og 74 pst. av korrigerte brutto driftsutgifter per elev i vidaregåande opplæring. Talet på lærarårsverk er derfor eit godt uttrykk for den samla ressursbruken.
Talet på lærarårsverk i grunnskolen auka med om lag 5 pst. i perioden 1997–2001. Etter 2001 har talet på elevar halde fram med å stige, mens talet på årsverk er redusert. Reduksjonen skuldast i stor grad tiltaka i Skolepakke 2, som auka leseplikta for lærarar med til saman 4 pst. Reduksjonen i lærarårsverk har derfor ikkje ført til ein tilsvarande reduksjon i talet på lærartimar fordi kvart årsverk har større leseplikt. Talet på lærartimar er derfor noko høgare i 2003 enn det var i 2001, men det har vore ein liten reduksjon frå 2002 til 2003. Dei siste åra har det vore ein reduksjon av lærartimar per elev som blir gitt ut over det lovbestemte timetalet til ordinær opplæring. Reduksjonen har vore på 6 pst. sidan 1997. Frå 2002 til 2003 har reduksjonen vore på 1,6 pst. Talet på timar til spesialundervisning totalt og per elev har vore relativt stabilt sidan 1997. Det same gjeld for lærartimar til særskilt norskopplæring.
Av OECD sin publikasjon Education at a Glance 2004 går det fram at samanlikna med andre OECD-land bruker Noreg mykje ressursar på utdanning. Noreg brukte 4,6 prosent av BNP til grunnopplæring i 2001. Dette er nest høgast blant alle OECD-landa. Når ein samanliknar utgifter per elev, ligg Noreg på fjerde plass på barnetrinnet, andre plass på ungdomstrinnet og 2. plass for vidaregåande opplæring blant dei 30 landa som er med i undersøkinga. Ut frå resultata frå PISA-undersøkinga peikar OECD på at lågare utgifter per elev ikkje nødvendigvis betyr lågare kvalitet i utdanninga. Australia, Finland, Irland, Korea og Storbritannia har moderate utgifter til utdanning per elev, men er blant dei OECD-landa der 15-åringar gjer det best i internasjonale testar. Dei norske elevane har middels resultat på desse internasjonale testane. Når det gjeld talet på elevar per lærar, ligg Noreg heilt i teten i OECD på alle nivå i opplæringa. I ungdomsskolen og vidaregåande opplæring kjem Noreg spesielt godt ut samanlikna med dei andre landa i OECD. Elevar i grunnskolen i Noreg har mindre undervisning enn gjennomsnittet i OECD. Samla får elevane mellom 7 og 14 år om lag 15 pst. mindre undervisning i Noreg enn gjennomsnittet i OECD. Forskjellen er størst for dei yngste elevgruppene.
Oppfølging av reforma i grunnopplæringa
Stortinget handsama våren 2004 St.meld. nr. 30 (2003–04) Kultur for læring og i Innst. S. nr. 268 (2003–04) har dei i stor grad gitt sin tilslutning til dei endringane og tiltaka som vart presenterte der.
Nye læreplanar for grunnskolen, læreplanar som er gjennomgåande for heile grunnopplæringa, og læreplanar for vidaregåande trinn 1 i studieførebuande utdanningsprogram og yrkesførebuande utdanningsprogram skal liggje føre sommaren 2005. Hausten 2005 vil utviklinga av dei resterande læreplanane starte.
For å realisere målsettinga med reforma i grunnopplæringa er det viktig at heile skolen blir samla omkring arbeidet med dei nye læreplanane og kompetanseutvikling knytt til dette. Reforma i grunnopplæringa blir derfor sett i verk for 1.–9. trinn i grunnskolen frå hausten 2006. Dersom det i einskilde kommunar er særleg tungtvegande årsaker til å utsette innføringa av nye læreplanar til hausten 2007, vil departementet vurdere dette etter søknad frå kommunen. Vidare vil det etter søknad frå grunnskoleeigarar vere mulig å ta i bruk nye læreplanar frå hausten 2005. For vidaregåande trinn 1 blir reforma sett i verk frå hausten 2006. Frå hausten 2007 vil reforma bli sett i verk for 10. trinn i grunnskolen og for vidaregåande trinn 2 i vidaregåande opplæring. Hausten 2008 vil ho bli sett i verk for vidaregåande trinn 3.
Regjeringa vil i 2005 løyve om lag 700 mill. kroner til reforma i grunnopplæringa. Om lag 500 mill. kroner av løyvinga vert prioriterte til kompetanseutvikling. Dette er fyrste ledd i det store kompetanseløftet som er nødvendig for å realisere reforma. Ei slik satsing på kompetanseutvikling gir rom for både Strategi for kompetanseutvikling for perioden 2005–2008 og vidareføring av høgt prioriterte tiltak som til dømes demonstrasjonsskolar og dei nasjonale strategiplanane. Vidare vil det bli løyvd om lag 40 mill. kroner til læreplanutvikling. Sjå under målet om styrkt kompetanse for lærarar og skoleleiarar og kap. 226 for nærmare omtale av kompetanseutvikling og læreplanutvikling. Vidare er det foreslått løyvd om lag 145 mill. kroner til å utvide timetalet i grunnskolen med ytterlegare fire veketimar frå hausten 2005. Hovuddelen av denne løyvinga til timetalet vil bli lagd inn i rammeoverføringane til kommunane, jf. kap. 571 i Kommunal- og regionaldepartementet sin budsjettproposisjon.
Mål: Nasjonalt system for kvalitetsvurdering skal vere eit godt grunnlag for kvalitetsutvikling
Tilstandsvurdering
St.meld. nr. 30 (2003–2004) Kultur for læring slår fast at tilpassa opplæring, eit godt læringsmiljø og læringsutbytte krev at skolane har kunnskap om sterke og svake sider ved si eiga verksemd, og at dei utviklar ein kultur for læring og utvikling. Kvalitetsvurderingssystemet er det sentrale verktøyet for å få til dette.
Det nasjonale kvalitetsvurderingssystemet er vidareutvikla i 2004. Systemet omfattar systematisk innhenting av informasjon om læringsutbytte, læringsmiljø, læringsressursar og gjennomføring. Systemet skal leggje til rette for at ein på alle nivå i utdanningssystemet skal kunne ta avgjersler basert på kunnskap om situasjonen. Ein viktig del av systemet er nasjonale prøver som skal kartleggje elevane sin grunnleggjande kompetanse i basisfag.
Karakterstatistikken er eit anna mål på læringsutbytte. Denne omfattar eksamen og fag- og sveine-prøve i vidaregåande opplæring og avgangsprøva i grunnskolen. Det har vore arbeidd kontinuerleg med betring og vidareutvikling av karakterstatistikken, samt tilhøyrande analyser, informasjon og formidling.
Nettportalen skoleporten.no vart opna 23. august 2004. Den er ein viktig del av kvalitetsvurderingssystemet. Portalen er eit informasjonssystem som samlar all sentral informasjon om grunnopplæringa på ein stad. Portalen støttar arbeidet med kvalitetsutvikling ved å knyte ulike data og kartleggingsresultat 1 til rettleiings- og utviklingsinformasjon. Målgrupper for portalen er utdanningsmyndigheiter, skoleeigarar, skoleleiarar, lærarar, elevar, lærlingar, føresette, forskarar og allmenta. Nettportalen skal syte for openheit og informasjon om kvaliteten i opplæringa. Vidare skal portalen danne grunnlag for dialog mellom tilsynsmyndigheiter og skoleeigaren med bakgrunn i skoleeigar sitt ansvar for kvalitetsvurdering og kvalitetsutvikling. Informasjon frå portalen kan også nyttast i dialogen mellom skole og heim.
Elevinspektørane er eit verktøy for systematisk datainnsamling om elevane si vurdering av læringsmiljøet. Frå og med 2004 er det obligatorisk for skolane å tilby elevar på 7. og 10. trinn i grunnskolen og på grunnkurs i vidaregåande opplæring å delta i visse delar av Elevinspektørane. Kartleggingsresultata frå Elevinspektørane inngår i skoleporten.no.
Våren 2004 vart dei første nasjonale prøvene gjennomførte. Det er gjennomført prøver på 4. og 10. trinn jf. kap. 226. Resultata frå prøvene vil gradvis bli offentleggjorte i skoleporten.no i løpet av 2004–05. Resultata frå prøvene vil bli kvalitetssikra, bl.a. gjennom ekstern ekspertvurdering. Deretter vil resultata, så langt det er fagleg forsvarleg, bli presenterte på skole-, kommune-, fylkeskommune- og nasjonalt nivå. Publiseringa er underlagd strenge reglar med omsyn til personvern. Publiseringsreglane og omfattande kvalitetssikring sørgjer for at alle opplysningar er anonymiserte slik at det ikkje er mogleg å identifisere enkeltindivid. Mellom anna inneber desse reglane at opplysningane blir gitt som gjennomsnittsverdiar på gruppenivå, skolenivå, kommunenivå, fylkesnivå og nasjonalt nivå, og at ingen data kan publiserast dersom talet er basert på færre enn ti elevar. Nettstaden er regulert av personopplysningslova og Datatilsynets kontroll med omsyn til forsvarleg handsaming av personopplysningar.
Det blir lagt stor vekt på å informere om gjennomføringa av dei nasjonale prøvane gjennom skoleporten.no. Her finn ein òg informasjon og eksempeloppgåver frå fagmiljøa som har utarbeidd prøvene. Vidare har fagmiljøa i matematikk og engelsk informert om dei nasjonale prøvene. Frå hausten 2004 er alle fagmiljøa blitt bedne om å opprette eigne nettsider for faginformasjon.
TNS Gallup har på oppdrag frå Utdannings- og forskingsdepartementet, Utdanningsforbundet og dåverande Læringssenteret gjennomført ei kartlegging av erfaringane med dei nasjonale prøvene i 2004. Lærarar og skoleleiarar har vorte spurde om sine erfaringar. Undersøkinga viser at dei fleste rektorar og lærarar er godt nøgde med informasjonen før prøvene. Over 90 pst. av lærarane opplyser at dei har teke del i skolering om vurdering av prøvene, og over 80 pst. av desse seier at dei har hatt stor nytte av skoleringa. Det er òg svært positivt at så godt som alle lærarar oppgjer at prøvene er gjennomførte i samsvar med retningslinjene.
Sjølv om dei nasjonale prøvene vart møtte med ein del skepsis, har tilbakemeldingane på mange områder vore atskillig meir positive enn det medieskapte biletet. Nærmare 70 pst. av lærarane meiner at resultata i nokon grad eller stor grad gir informasjon om kva som bør styrkast i undervisninga av den enkelte elev eller klassen/gruppa. Det kjem òg til syne i at mange lærarar ønskjer å flytte prøvene til hausthalvåret, slik at dei kan bruke resultata av prøvene i det pedagogiske arbeidet resten av skoleåret.
Det er enno for tidleg å gi ei fullstendig framstilling av korleis det samla nasjonale kvalitetsvurderingssystemet verkar inn på kvaliteten i grunnopplæringa. Utdanningsdirektoratet (tidlegare Læringssenteret) gir årleg ut ein tilstandsrapport for utdanningssektoren som byggjer på blant anna fylkesmennenes vurderingar, elektronisk rapportering frå kommunesektoren, forsking og statistikk. Tilstandsrapporten for utdanningssektoren 2003 stadfestar at det i større grad enn tidlegare blir gjennomført kvalitetsvurdering på alle nivå i utdanningssystemet. Samstundes seier rapporten at det enno manglar systematikk og samarbeid mellom skolenivå og skoleeigarar når det gjeld skolebasert vurdering.
Sjølv om kvalitetsvurderingssystemet skal vere ein stimulans til endring på lokalt nivå, fører det ikkje automatisk til endring. For å sikre at det fører til betre kvalitet i grunnopplæringa, er det med verknad frå 1. september 2004 presisert i opplæringslova § 13-10 og friskolelova § 5-2 at skoleeigaren og styret for frittståande skolar m.a. skal ha eit forsvarleg system for å følgje opp resultata frå nasjonale kvalitetsvurderingar.
Det er presisert i den nye føresegna at skoleeigarane både skal ha eit forsvarleg system for å vurdere om krava i lovverket og forskriftene blir oppfylte, og eit forsvarleg system for å følgje opp resultata frå desse vurderingane og nasjonale kvalitetsvurderingar. Føresegna vil tre i kraft hausten 2004.
Strategiar og tiltak
TNS Gallup si undersøking har gitt viktig informasjon om korleis ein del av det nasjonale vurderingssystemet fungerer så langt. Når det gjeld dei nasjonale prøvene, er det ikkje uventa at resultata peikar mot eit potensial for forbetring, mellom anna når det gjeld skolering av lærarane. Prøvene i lesing og matematikk på 4. klassetrinn blir vurderte som for vanskelege i høve til undervisninga, og dette og andre tilbakemeldingar vil bli drøfta med dei fagmiljøa som har utvikla prøvene. På bakgrunn av dette og resultata frå den forskingsbaserte evalueringa av prøvene som blir lagde fram seinare i haust, vil det bli arbeidd systematisk med å betre innhald i og gjennomføring av dei nasjonale prøvene.
I tillegg til dei nasjonale prøvene omfattar vurderingssystemet som nemnt fleire andre element, som Elevinspektørane, eksamensstatistikk og andre kartleggingar og undersøkingar knytte til læringsutbytte, ressursar og gjennomføring. De- partementet vil ta initiativ til ei brei forskingsbasert evaluering av det samla nasjonale kvalitetsvurderingssystemet. Samstundes vil det kontinuerleg bli arbeidd med vidare utvikling av dei ulike elementa i vurderingssystemet og med å få delane til å fungere i ein heilskap. Mellom anna vil ein sjå nærmare på korleis rapporteringa frå vidaregåande opplæring kan betrast. Systemet skal fungere som grunnlag for eit målretta tilsyn.
Skoleporten.no vil bli vidareutvikla som verktøy i det nasjonale kvalitetsvurderingssystemet slik at portalen kan gi eit breitt, informativt og oppdatert bilete av norsk grunnopplæring. Mykje av innhaldet i portalen er allereie på plass, og det neste steget vil vere å gjere portalen mest mogleg brukarvennleg. Mellom anna vil det bli arbeidd med å betre informasjonen om gjennomføring og resultat frå dei nasjonale prøvene. Det er trong for meir informasjon ut i systemet til grunnskolane som har hatt prøver denne våren, og særleg til 7. trinn, som vil få prøver i 2005. Ikkje minst vil det bli satsa på fyldig informasjon til vidaregåande opplæring, som vil ta del i dei nasjonale prøvene frå våren 2005. Skoleporten.no blir den viktigaste informasjonskanalen. For å komme informasjonsbehovet i møte vil dessutan Utdanningsdirektoratet, saman med fylkesmennene, lage eit informasjonsopplegg for vidaregåande skolar i løpet av hausten 2004. Vidare vil direktoratet sitt nære samarbeid med «Nettverk for lærarutdanning» bli utvida.
Mål: Grunnopplæringa skal gi elevar og lærlingar ei meir likeverdig opplæring og eit betre læringsutbytte.
Tilstandsvurdering
Noreg har ein god skole og ressursar til å vidareutvikle skolen til å bli enda betre. Vi har skolar som er tilgjengelige for alle i heile landet, og vi har høgre deltaking i vidaregåande opplæring enn dei aller fleste land. Det er svært få land som bruker så store økonomiske ressursar på skolen som Noreg. Frå undersøkingar veit vi òg at norske elevar i stor grad trivst i skolen.
Men omfattande internasjonale undersøkingar og norsk og internasjonal forsking viser òg at det er visse svake sider ved norsk skole (jf. Innst. S. nr. 268 (2003–2004) og St.meld. nr. 30 (2003–2004) Kultur for læring). Det er store og systematiske forskjellar i læringsutbytte mellom elevgrupper, og ein urimeleg stor del elevar har for dårlig dugleik i grunnleggjande fag. Vidare er det for svak gjennomføring i vidaregåande opplæring. Forskjellar mellom elevar skuldast mellom anna sosiale forskjellar. Norsk skole har med andre ord ikkje i tilstrekkeleg grad lykkast med å realisere idealet om tilpassa opplæring. Dette kan òg vere forklaringa på at elevane i norsk skole har middels motivasjon for læring, slik ein analyse av data frå Elevinspektørane skoleåret 2002–03 viser (Tilstandsrapport for utdanningssektoren 2003). Frå PISA-undersøkinga i 2000 (Program for International Student Assessment) kjenner vi til at norske elevar stiller svakt nå det gjeld læringsstrategiar. Det er grunn til å tru at det er nær samanheng mellom tilpassa opplæring på den eine sida og læringsmotivasjon, læringsstrategiar og læringsutbytte på den andre. Etter analysen av data frå Elevinspektørane er motivasjon for læring nær forbunden med til dømes bruk av arbeidsmåtar, vurderingsformer, medbestemming, støtte, rettleiing og tilbakemelding frå lærarar.
Norske elevar sin lesedugleik er ikkje på det nivået han bør vere. Tiltaksplanen for lesing «Gi rom for lesing» skal bøte på dette og legge til rette for tilpassa opplæring for meistring av grunnleggjande lesedugleik. Det blir retta særleg merksemd mot opplæringa for fagleg svake elevar, elevar frå språklege minoritetar og elevar med samisk som førstespråk. Tilstandsrapport for utdanningssektoren 2003 viser at kommunane generelt er godt i gang med tiltak innanfor strategien «Gi rom for lesing». Fleire rapporterer at tiltaksplanen kjem i møte allereie planlagde tiltak, og at tilskott av midlar gav ein ekstra stimulans til oppfølging og vidareformidling. Det er fordelt midlar til om lag 200 tiltak. Dei fleste tiltaka går ut på lesestimulering, samarbeid med folkebibliotek og bruk av skolebibliotek.
I ei europeisk undersøking av 15-åringar sin dugleik i engelsk skil dei norske elevane, saman med dei svenske elevane, seg ut med svært god dugleik. Noreg er likevel eit av dei landa som har størst skilnader mellom elevane, særleg når det gjeld leseforståing.
Ein analyse av karakterane frå grunnskolen 2003 viser at jenter får betre karakterar enn gutar i alle fag, med unntak av kroppsøving. Skilnaden er minst i matematikk og størst i norsk skriftleg. Det er òg ein klar samanheng mellom foreldra si utdanning og elevkarakterar. Samanhengen mellom foreldra si utdanning og avgangselevane sine karakterar er sterkast i matematikk. Også i norsk og engelsk finn forskarane ein ganske sterk samanheng mellom elevane sine karakterar og foreldra si utdanning. Jenter med norsk bakgrunn og som har foreldre på det høgaste utdanningsnivået, oppnår dei høgaste karakterane i matematikk 1 MA-A. Samanhengen mellom karakterar (norsk og matematikk) og foreldra sitt utdanningsnivå er ikkje like tydeleg blant første generasjon innvandrarar som blant elevar med norsk bakgrunn.
Elevar med norsk bakgrunn får i gjennomsnitt noko betre karakterar enn elevar med bakgrunn frå andre land når det er teke omsyn til faktorar som kjønn, foreldra si utdanning og bustad. Andregenerasjon innvandrarar får litt lågare karakterar, og lågast karakterar har førstegenerasjons innvandrarar frå ikkje-vestlege land. Skilnadene er størst i engelsk og minst i matematikk. I engelsk får likevel førstegenerasjons vestlege innvandrarar noko høgare karakter enn elevar med norsk bakgrunn. Det finst relativt små karakterskilnader etter fylke.
Tal frå Nasjonal vitnemålsdatabase viser at tendensane i karakterstatistikken for grunnskolen og vidaregåande opplæring blir haldne oppe. Det gjeld både skilnader i høve til kjønn, foreldra sitt utdanningsnivå og landbakgrunn. Skilnadene mellom elevar med innvandringsbakgrunn og norsk bakgrunn ser likevel ut til i stor grad å bli utviska blant elevar på allmennfaglege studieretningar.
Den årlege Tilstandsrapport for utdanningssektoren 2003 viser at 24 pst. av kommunane har utarbeidd ein plan for opplæring av elevar frå språklege minoritetar. Fire av ti kommunar har utvikla rutinar for kartlegging av elevane sin norskkompetanse. Knappe 17 pst. av kommunane har konkrete tiltak knytte til rekruttering av tospråklege lærarar/morsmålslærarar. Om lag fire av ti kommunar seier at dei har hatt kompetanseutviklingstiltak for lærarar knytte til opplæring av elevar frå språklege minoritetar.
Kommunane sine utfordringar på dette området er ulike, men det er verd å merkje seg at eit fåtal av kommunane har eit aktivt forhold til problematikken rundt opplæring av elevar frå språklege minoritetar.
Strategiplanen «Likeverdig opplæring i praksis», som vart lagd fram av departementet hausten 2003, vil vere ei viktig plattform for utvikling av lokale handlingsplanar og tiltak når det gjeld likeverdig opplæring for språklege minoritetar. Planen peiker særleg på nødvendigheita av tiltak for å betre språklege minoritetar si gjennomføring av vidaregåande opplæring.
Den femårige strategien «Realfag naturligvis» 2002–2007 har som mål å heve kvaliteten på realfagsutdanninga i alle ledd, både i grunnopplæringa, høgre utdanning og forsking. Dei nasjonale sentra for matematikk og naturfag i opplæringa er etablerte og i godt gjenge når det gjeld å utvikle og spreie erfaringar i realfaga i grunnopplæringa. Ei styrking av matematikkfaget i grunnopplæringa, både i grunnskolen og i vidaregåande opplæring, er òg vedtatt ved behandlinga av St.meld. nr. 30 (2003–2004) Kultur for læring, jf. Innst. S. nr. 268.
Inntaksstatistikken til vidaregåande opplæring for i år syner at ungdommane sine val av utdanning og yrke framleis er svært kjønnsspesifikke. Om lag 90 prosent av elevane på studieretningane helse- og sosialfag og formgivingsfag er jenter, medan det på mekaniske fag, byggfag og elektrofag er i overkant av 90 prosent gutar. Noreg er eitt av dei landa i Europa som har størst kjønnsskilnader mellom studieretningane.
Elevane har rett til å bruke fem år på å fullføre vidaregåande opplæring. I 2002 hadde 74 pst. av elevane som starta på grunnkurs i 1997, brukt opp den femårige retten sin. I Statistisk sentralbyrå sin statistikk blir desse rekna som elevar som har fullført vidaregåande opplæring. Separate analysar vart gjennomførte for å slå fast kor stor del av elevane som både gjennomførte og bestod vidaregåande opplæring. Når ein legg desse analysane til grunn, har om lag 64 pst. av årskullet som starta på grunnkurs i 1997 oppnådd full yrkes- eller studiekompetanse, det vil seie fullført vidaregåande opplæring.
Med utgangspunkt i Statistisk sentralbyrå sin berekningsmåte er fullføringsdelen på allmennfaglege studieretningar 87 pst., medan berre 58 pst. fullførte i yrkesfaga. Medan 78 pst. av jentene fullførte, gjaldt dette berre 69 pst. av gutane.
Det er òg forskjell på fullføring avhengig av studieretning. Ei undersøking i austlandsfylka blant ungdom som avslutta grunnskolen i 2002, viser at 80 pst. fullførte – og bestod grunnkurs i 2003. I media og kommunikasjon, allmenne, økonomiske og administrative fag og musikk, dans og drama har om lag 90 pst. av dei som starta på studieretningane fullført og bestått grunnkurset. I studieretningane idrettsfag og formgiving har rundt 80 pst. fullført og bestått. I studieretningane byggfag, elektrofag, naturbruk, sal og service og helse- og sosialfag har om lag 75 pst. fullført og bestått. Studieretningane med lavast fullføring er tekniske byggfag, hotell- og næringsmiddelfag og mekaniske fag. Her fullførte og bestod rundt 67 pst. av elevane grunnkurs i 2003.
Som i grunnskolen er det også i vidaregåande opplæring ein sterk samanheng mellom elevane si fullføring av opplæringa og foreldra si utdanning. Blant elevar som starta på grunnkurset i 1997 og som hadde foreldre med lang, høgare utdanning, var det 91 pst. som fullførte innan våren 2002. Fullføringsdelen var gradvis mindre med mindre fullført utdanning hos foreldra. Av dei elevane som hadde foreldre med kort høgare utdanning, var det 86 pst. som fullførte. Av dei elevane som hadde foreldre med vidaregåande opplæring, var det 70 pst. som fullførte, medan det var berre 49 pst. av elevane som fullførte dersom foreldra hadde grunnskoleutdanning. Det er om lag ti prosentpoeng fleire kvinner enn menn som fullfører.
Medan tidlegare studiar har vist at elevar frå språklege minoritetar har svakare progresjon og gjennomføring enn norske elevar, er bildet i ei undersøking frå NIFU (Støren 2003) vesentleg endra for kull som starta i vidaregåande opplæring i 2002. Samanlikna med tidlegare år har langt fleire av elevane frå språklege minoritetar optimal progresjon. Dette gjeld likevel bare elevane på allmennfaglege studieretningar. Det er i NIFU-undersøkinga små skilnader mellom gutar og jenter.
Ei oversikt over gjennomførte fag- og sveineprøver 2002–03 viser at heile 93 pst. av dei som tek fag- eller sveineprøve, består prøva. Enkelte fag skil seg ut med ein spesielt høg del som ikkje består. Dette ser særleg ut til å gjelde små fag eller fag der mange av elevane kjem inn med eit relativt svakt karaktergrunnlag frå grunnskolen.
Som tidlegare viser Tilstandsrapporten for utdanningssektoren 2003 at mange fylkeskommunar har vore opptekne av korleis erfaringane frå Differensieringsprosjektet kan vidareførast og utviklast gjennom ordinær drift. Rapporteringa viser at det er store variasjonar mellom fylkeskommunane og mellom skolar i den enkelte fylkeskommune, både når det gjeld organisering og i kva grad ein har lykkast med å gi differensiert og tilpassa opplæring. Det har vist seg å vere viktig at prosjekta har hatt forankring hos leiinga på skolane.
Internasjonalt arbeid i regi av skolar og skole- eigarar er ein viktig del av arbeidet for å sikre kvalitetsutvikling og utveksling i norsk skole. I grunnskolen kan 10. klassar delta i internasjonale program som Comenius, ein av hovudpilarane innanfor EUs Sokratesprogram, og Nordplus innanfor nordisk samarbeid. Comenius gir støtte til internasjonalt samarbeid og nettverkssamarbeid for lærarar og skolar og til skoleutviklingsprosjekt der både lærarar og elevar kan delta. Søkninga til Comenius-programmet er stor i Noreg, særleg frå grunnskolen.
Nordplus junior er eit mobilitets- og støtteprogram for grunnskole og ungdomsutdanningar i Norden. Målgruppa er elevar og lærarar i grunnskolen og vidaregåande opplæring. Elevar/lærlingar i vidaregåande opplæring har i dag også høve til å delta i internasjonal utveksling via EUs utdanningsprogram (for omtale av Leonardo da Vinci, jf. kap. 223 post 72, og for omtale av Sokrates (Comenius), jf. kap. 281 post 73).
Leonardo da Vinci er EUs program for yrkes- og profesjonsretta opplæring på alle nivå og for alle sektorar. Overordna mål for programmet er eit meir effektivt og konkurransekraftig næringsliv, høg kvalitet i produksjon av varer og tenester og økt sysselsetting. I Leonardo-programmet har det vore aukande søking til mobilitetsprosjekt frå yrkesfaglege studieretningar i vidaregåande opplæring. Dette er svært positivt, blant anna fordi elevar i yrkesutdanning i vidaregåande skole tidlegare i liten grad har vore involvert i internasjonalt samarbeid.
Strategiar og tiltak
St.meld. nr. 30 (2003–2004) Kultur for læring og Innst. S. nr. 268 tek utgangspunkt i at den norske skolen har eit godt utgangspunkt for å lykkast. Den kunnskapen vi nå har om skolen, skal vi bruke til å gjere han enda betre, og Stortinget støttar i all hovudsak opp om departementet sine forslag for auka læringsutbytte og betre kvalitet. Ein føresetnad for god læring er at alle som er involverte i opplæringa, har ei klar forståing av forholdet mellom dugleik, danning, verdiar, kunnskapar og individvurdering. Det er òg stor semje om at timetalet er lågt, særleg for dei yngste elevane. Timetalet blir foreslått auka med 152 årstimar på barnesteget frå august 2005. Dette utgjer i gjennomsnitt 4 timar i veka og kjem i tillegg til auken på 190 årstimar for skoleåret 2004–05. I 2002 vart det gjennomført auke i timetalet på barnetrinnet med 114 årstimar. I perioden frå 2002 til 2005 blir barnetrinnet styrkt med til saman 456 årstimar, som utgjer 12 timar i veka. Auken i 2002 og 2004 er lagt til småskoletrinnet og fordelt på faga norsk og matematikk. Fordelinga av dei 152 nye årstimane i 2005 vil bli fastlagt i god tid før skoleåret startar, og vil bli sett i samanheng med reforma og grunnleggjande dugleikar. Bortsett frå skolestarten for seksåringar i 1997 har det ikkje vore nokon tilsvarande auke i timetalet dei siste tiåra.
Oppfølginga av St.meld. nr. 30 (2003–2004) med læreplanarbeid, strukturendringar og kompetanseutvikling vil prege arbeidet i 2005 og 2006. Endringane blir her omtalte som ei reform av grunnopplæringa.
Det vil bli innført nye læreplanar for alle fag i grunnopplæringa. Læreplanane for grunnskolen og dei felles gjennomgåande faga i vidaregåande opplæring vil bli gjorde gjeldande frå og med hausten 2006. Planane skal ha klare og kompetansebeskrivande mål som seier kva elevane skal kunne nå på ulike trinn i opplæringa. Grunnleggjande dugleik skal integrerast i læreplanar for alle fag. Teknologi og design vil bli styrkte som tema i fleire fag. Det vil bli opna for forsøk med filosofi som eige fag i grunnskolen. Generell del av læreplanen for grunnskolen, vidaregåande opplæring og vaksenopplæringa skal førast vidare. Den såkalla «brua» i L-97, Prinsipp og retningsliner for opplæringa i grunnskolen, blir erstatta med «Læringsplakaten» og gjord gjeldande for heile grunnopplæringa.
Auka internasjonalt samarbeid og samhandling stiller store krav til kunnskap i fleire språk, ikkje minst til kommunikativ kompetanse og orientering i informasjonssamfunnet. 2. framandspråk blir obligatorisk på ungdomssteget når reforma trer i kraft, og det vil telje med ved inntak til vidaregåande opplæring. Opplæringa skal ha eit fleksibelt og praktisk innhald. Skolar som ønskjer det og har nødvendig kompetanse, kan starte opplæringa i 2. framandspråk på barnetrinnet. Mappevurdering, gjennom ein norsk versjon av den europeiske språkpermen, bør vere ein del av vurderingsgrunnlaget i framandspråk. Det vil bli utarbeidd ein strategiplan for framandspråk i grunnopplæringa 2005–09. Det vil vidare bli oppretta eit nasjonalt senter for framandspråk for å styrkje opplæringa.
Regjeringa vil arbeide for å styrkje samarbeidet og samkvemmet som elevar, lærarar og skoleleiarar i Noreg har med tilsvarande grupper i andre land. Kontakt med europeiske og andre område har både eigenverdi og verdi som middel til å fremme språkopplæring og mobilitet. Kontakt med andre land og kulturar er òg eit viktig middel for å nå det overordna målet om å fremme internasjonal forståing og medansvar.
Internasjonalt samarbeid i grunnopplæringa er viktig for å sikre kvalitetsutvikling og utveksling. Noreg vil derfor framleis vere ein aktiv deltakar i internasjonalt samarbeid om kvalitetsutvikling og erfaringsutveksling som finn stad i OECD, EU, UNESCO, Europarådet og Nordisk Ministerråd. Noreg vil mellom anna delta i internasjonalt samarbeid om undersøkingar og indikatorutvikling innanfor grunnopplæringa.
Ei arbeidsgruppe skal vurdere norskfaget mellom anna i lys av det fleirkulturelle samfunnet. Innst. S. nr. 268 og St.meld. nr. 30 (2003–2004) Kultur for læring legg opp til at det skal opprettast eit nasjonalt senter for nynorsk i opplæringa for å styrkje opplæringa. Senteret er planlagt lagt til Ivar Aasen-instituttet ved Høgskolen i Volda. Eit tiltak for å fornye ungdomssteget er å utvikle tilbod om å velje ulike programfag. Programfag blir ein del av reforma, og skal gi elevane innsikt i utdanningsprogram i vidaregåande opplæring og opne for tid til praktiske aktivitetar og fordjuping. Slik presentasjon av utdanningsprogram kan vonaleg gi ungdom betre grunnlag for å velje vidare utdanning uavhengig av tradisjonelle kjønnsrolleforventningar. Når elevar på ungdomssteget har dokumentert kompetanse i samsvar med kompetansekrav på ungdomssteget i eit fag, skal dei også kunne ta fag frå vidaregåande opplæring medan dei framleis er på ungdomssteget. Lokale føresetnader og etterspurnadar vil liggje til grunn for dei tilboda elevane får. Dette vil krevje godt samarbeid mellom skolar og skoleeigarar på kommunalt og fylkeskommunalt nivå.
Strukturen i vidaregåande opplæring vil bli gjord enklare frå 2006. Ei omlegging frå sterkt spesialiserte og til dels fagleg overlappande yrkesfaglege studieretningar til breiare yrkesførebuande utdanningsprogram vil gi større fleksibilitet for organisering og tilrettelegging av opplæringa for fylkeskommunane. Dette vil også gjere tilrettelegginga for elevar og lærlingar smidigare. Departementet vil i samarbeid med partane i arbeidslivet førebu den endelege utforminga av tilbodsstrukturen i vidaregåande opplæring.
Departementet meiner det er viktig at elevar og lærlingar vert kjende med og tar i bruk mapper som arbeids- og vurderingsform. Departementet vil derfor opne for forsøk med mappevurdering med ekstern sensur som alternativ til sentralt gitt eksamen. Mappevurdering betyr at eleven/lærlingen dokumenterer arbeidsprosessar og produkt i ei mappe som kan gi grunnlag for vurdering.
Den nye satsinga «Lærande nettverk» skal medverke til å vidareutvikle nyttige læringsarenaer for IKT og læring i skolen. Røynslene frå tidlegare IKT-prosjekt er eit godt grunnlag for vidare satsing på IKT, knytt opp mot oppfølginga av St.meld. nr. 30 (2003–2004) Kultur for læring og Innst. S. nr. 268, jf. omtale under kategori 07.40.
Tiltaka i strategien «Realfag, naturligvis» 2002–07 blir førte vidare som grunnlag for betre læringsutbytte i realfag. Matematikk vil ved innføring av reforma bli obligatorisk i Vg2, det som i dag heiter VKI, på studieførebuande retningar. Det vil bli utarbeidd erfaringsspreiing av fleire gode tiltak som kan vere med å auke interessa for matematikk og naturfag, særleg blant jenter. Samarbeid med dei nasjonale sentra for matematikk og naturfag vil halde fram, det same vil stimulering til vitensentra.
Dei gode resultata av arbeidet med tiltaksplanen «Gi rom for lesing» 2003–07 viser at arbeidet med å stimulere leselyst og leseopplæring må halde fram. Arbeidet er viktig for alle elevar, men har eit særleg fokus på gutar og på elevar med ulike vanskar.
Hausten 2003 vart strategien «Likeverdig utdanning i praksis» 2004–09 lagt fram. Strategien inneheld ulike tiltak for auka deltaking av barn, unge og vaksne med minoritetsspråkleg bakgrunn. Strategien har òg søkjelys på å jamne ut forskjellar i læringsutbytte mellom majoritets- og minoritetsspråklege elevar.
«Se mulighetene og gjør noe med dem!» om entreprenørskap i utdanninga 2004–08 vart lagt fram våren 2004. Strategien skal styrkje haldningar og dugleik innanfor entreprenørskap, og inneheld tiltak for alle nivå i utdanninga. På bakgrunn av kartlegging av aktivitet m.o.t. entreprenørskap i grunnskolar og i vidaregåande opplæring vil det bli sett i verk tiltak for å spreie entreprenørskap til skolar som ikkje har arbeidd med dette temaet. Gjennom arbeidet med entreprenørskap lærer elevane m.a. å samarbeide, ta omsyn til sine medelevar og å arbeide sjølvstendig.
Retten til spesialundervisning blir ført vidare, og det vil bli ei sterkare satsing på forsking og utvikling av arbeidsmåtar knytte til tilpassa opplæring. Det blir lagt til rette for ei styrking av lærarane sin kompetanse på dette området, jf. målet om kompetente lærarar.
Mål: Grunnopplæringa skal fremme elevane og lærlingane sit verdimedvit i eit positivt læringsmiljø
Tilstandsvurdering
Så vel norsk som internasjonal forsking stadfestar at elevane og lærlingane i den norske skolen trivst godt, og at det er gode relasjonar mellom elevane og dei vaksne som arbeider i skolen.
Ein analyse av resultata frå Elevinspektørane som vart gjennomførd av Læringslaben og MMI (2002–03), viser at langt dei fleste elevane i ungdomsskolen og vidaregåande skole seier at dei trivst på skolen, men at dei berre har middels motivasjon for læring. Det er størst skilnader mellom skolane når det gjeld trivsel og rettleiing/tilbakemelding frå lærar, mens skilnadene er minst når det gjeld arbeidsmåtar, mobbing og motivasjon.
I samband med etableringa av skoleporten.no og nasjonalt kvalitetsvurderingssystem vart gjennomføring av Elevinspektørane forskriftsfesta for elevar på 7. klassetrinn og 10. klassetrinn og på grunnkurs i vidaregåande opplæring.
Den obligatoriske gjennomføringa av Elevinspektørane i 2004 har gått bra. Så mange som ca. 86 pst. av skolane har gjennomført undersøkinga. Det var i hovudsak tekniske problem som gjorde at nokre skolar ikkje klarte å gjennomføre. 1. mars 2004 hadde 2 939 skolar gjennomført Elevinspektørane. Dette utgjorde 78 pst. av alle skolar som har elevar på dei aktuelle trinna. Fram til systemet stengde 1. juli 2004, hadde ytterlegare om lag 300 skolar gjennomført. Det vil seie at totalt har 86 pst. av skolane svart på undersøkinga. Ein analyse av resultata frå undersøkinga vil bli lagt fram i Tilstandsrapport for utdanningssektoren 2004.
Skolar med gode resultat i PISA-undersøkinga er kjenneteikna av eit godt læringsmiljø prega av gode relasjonar mellom lærar og elev, eit godt samarbeid mellom elevar i læringsarbeidet, arbeidsro og god utnytting av tida (Turmo og Lie 2004). Elevar i desse skolane klarer i større grad å konsentrere seg om skolearbeidet både i skoletida og utanom skoletida enn elevar ved skolar med dårlege resultat. Leiarane på skolar med gode faglege resultat evnar å halde elevane i fokus og tek seg tid til samtale med lærarar, elevar og samfunnet utanfor skolen.
Tilstandsrapport for utdanningssektoren 2003 (Læringssenteret) viser at 68 pst. av kommunane og 74 pst. av fylkeskommunane har innført eit rapporteringssystem for å dokumentere tilhøve ved det fysiske og psykiske læringsmiljøet. Det blir samstundes peika på at etablerte rapporteringssystem og rutinar kan forbetrast.
Etter tilstandsrapporten er det enno for tidleg å seie noko om effekten av den nasjonale strategien om nulltoleranse mot mobbing. Gjennom ei forskingsbasert evaluering av innsatsen mot mobbing skal resultata vurderast. Enkelte av dei lokale prosjekta viser allereie no klare positive effektar frå tiltaksarbeidet mot mobbing.
I tilstandsrapporten blir det vidare peika på at arbeidet for eit godt oppvekst- og læringsmiljø får stor merksemd frå alle hald – frå politisk hald, frå organisasjonar, kompetansemiljø, støttesystem, alle nivå av utdanningsadministrasjonen og skolane. Dette har resultert i mange prosjekt og tiltak innanfor området lærings- og oppvekstmiljø. Det vil bli ei utfordring å koordinere og dokumentere effekten av desse prosjekta og tiltaka.
Eigedomsforvaltningsutvalet vart oppnemnt i november 2003 og er bedt om å foreta ein gjennomgang av den kommunale og fylkeskommunale eigedomsforvaltninga. Bakgrunnen for oppnemninga av utvalet var ei rekkje eksempel frå media og uavhengige rapportar som peika på manglande vedlikehald av kommunale og fylkeskommunale bygningar. Utvalet skal òg foreslå nødvendige tiltak for å oppnå ei meir berekraftig eigedomsforvaltning i kommunar og fylkeskommunar. I mars 2004 leverte utvalet ein statusrapport. Der framgjekk det m.a. at om lag 70 pst. av kommunane og om lag 80 pst. av fylkeskommunane meiner at tilstanden for deira skolebygningar er tilfredsstillande eller svært god. Saka vart også omtalt i St.prp. nr. 64 (2003–2004) Om lokaldemokrati, velferd og økonomi i kommunesektoren 2005 (Kommuneproposisjonen). Utvalet skal avlevere si endelege innstilling 15. oktober 2004.
For å stimulere kommunar og fylkeskommunar til å setje i verk ei særskild satsing på skoleanlegg vart det i 2002 innført ei tilskottsordning der staten gir rentekompensasjon på lån til nybygg og rehabilitering. Første halvår 2004 er det registrert heile 1 043 prosjekt innanfor denne ordninga. I 2004 dekkjer staten renter på lån innanfor ei investeringsramme på 3 mrd. kroner, og det er budsjettert med 182 mill. kroner i rentekompensasjon. De to føregåande åra vart det samla utbetalt om lag 310 mill. kroner. Regjeringa vil føre denne ordninga vidare. Rentekompensasjon blir løyvd over budsjettet til Kommunal- og regionaldepartementet.
Ei undersøking gjennomført av NILU (Norsk institutt for luftforsking) viser at inneklimaet er godt i dei aller fleste klasseromma. På grunnlag av innsende bidrag frå skolar hausten 2003 fann dei likevel at 35 prosent av klasseromma har problematisk luftkvalitet, og sju prosent har uakseptabel luftkvalitet.
Strategiar og tiltak
I St.meld. nr. 30 (2003–2004) Kultur for læring legg departementet vekt på at skolen må endrast i takt med endringane i samfunnet elles. Eit større mangfald av elevar og føresette krev at skolen utnyttar og tilpassar seg dette mangfaldet på ein positiv måte. Skolane sitt arbeid for eit ope, inkluderande og positivt læringsmiljø blir svært viktig i ein mangfaldig skole.
Arbeidet mot mobbing, vald, rasisme og anna problemåtferd krev samordna og langsiktig satsing frå foreldre, skolen og omverda. Den nasjonale satsinga knytt til manifest mot mobbing vil bli ført vidare i samarbeid med manifestpartnarane. Det same gjeld prosjektet «Verdier i skolehverdagen» og «Skal – skal ikkje» i samarbeid med Kristent pedagogisk forbund.
Eit godt eller dårleg læringsmiljø er ikkje ein statisk tilstand. Det kan endre seg raskt. Kontinuerleg kunnskap om og overvaking av elevane sitt læringsmiljø er derfor viktig for å kunne sette inn eigna tiltak. Opplysningar frå «Elevinspektørane» og andre undersøkingar vil mellom anna bli brukte av Fylkesmannen som grunnlag for tilsyn.
Departementet vil intensivere arbeidet for å redusere problemåtferd i skolen, og har derfor gjennom St.meld. nr. 30 (2003–2004) Kultur for læring varsla ei særskild satsing på dette feltet. Dette har Stortinget slutta seg til. I tillegg til å føre vidare satsinga på å førebyggje mobbing vil verksemda bli sterkare retta mot skolen som lærande organisasjon. Kompetanseutviklinga for lærarar og andre tilsette i skoleverket, jf. mål om styrkt kompetanse, vil omfatte læringsmiljø og problemåtferd som tema, sett i samanheng med tilpassa opplæring. Rogalandsforsking vil i 2005 leggje fram ei evaluering av dei ulike tiltaka og programma knytt til Manifest mot mobbing. Ressursinnsats og vidare satsing vil bli vurdert i lys av evalueringa.
Utdannings- og forskingsdepartementet deltek i fleire interdepartementale handlingsplanar, mellom anna strategiplan for barn og unges psykiske helse og tiltaksplan mot fattigdom. Departementet vil halde fram med interdepartementalt samarbeid til beste for barn og unge.
I «Læringsplakaten» blir skolar oppmoda om å leggje til rette for fysisk aktivitet for alle elevar. Fysisk aktivitet og ernæring er viktig for å skape eit godt læringsmiljø og for at elevane skal få godt utbytte av opplæringa. Gjennom timetalsauken vil skoledagen for mange elevar bli lengre, noko som medfører auka trong til fysisk aktivitet i skoletida og næringsrik mat. Prosjektet «Fysisk aktivitet og måltider i skolen» er eit samarbeidsprosjekt mellom Helse- og omsorgsdepartementet og Utdannings- og forskingsdepartementet. Prosjektet blir ført vidare i 2005. Erfaringar frå prosjektet blir spreidde og skal danne grunnlag for utvikling av gode modellar for dette arbeidet vidare.
Elevar og lærlingar sin medverknad i skolen er lovfesta i opplæringslova § 11-2. Graden av opplevd medverknad får konsekvensar for motivasjon og læringsmiljøet og kan medverke til å gjere elevane meir involverte i sin eigen læringsprosess. Medverknad for elevane blir også integrert i «Læringsplakaten». Departementet vil arbeide for å styrkje den deltakande, elevaktive demokratiopplæringa og stimulere til reell medverknad på utforminga av og innhaldet i opplæringa. Departementet utarbeider no ein strategiplan for aktivt medborgarskap. Strategiplanen har som mål å auke elevane sin medverknad, både i skolekvardagen og i samfunnet utanfor skolen. Som oppfølging av Innst. S. nr. 268 (2003–2004), jf. St.meld. nr. 30 (2003–2004) Kultur for læring vil departementet greie ut samansetjing og organisering av skolemiljøutval.
Fordi barn og unge er på skolen stadig meir tid av dagen, blir skolens rolle som sosial læringsarena viktigare. Skolen og lærebedriftene skal m.a. stimulere elevane og lærlingane i deira personlege utvikling, i å utvikle sosial kompetanse og evne til demokratiforståing og demokratisk deltaking. Det er viktig å legge til rette for at barn og unge kan delta i ulike aktivitetar saman med både jamaldringar og vaksne på skolen.
Innst. S. nr. 268 (2003–2004), jf. St.meld. nr. 30 (2003–2004) Kultur for læring, peikar på kor viktig heimen er for elevane sine prestasjonar og trivnad på skolen. Kravet om eit foreldreråd ved kvar skole blir ført vidare i opplæringslova. Foreldreutval for grunnskolen (FUG) på nasjonalt nivå blir også ført vidare. Departementet skal også greie ut og fremme forslag om organiseringa av FUG i tråd med Innst. S. nr. 268 (2003–2004), der det står at det er eit ønske at eit nasjonalt foreldreutval i framtida får ein sterkare demokratisk og representativ forankring i måten FUG oppnemnast på.
«Den kulturelle skolesekken» blir driven for midlar frå Kyrkje- og kulturdepartementet. Dette tiltaket når svært mange skolar og har stor verdi som ein positiv miljøfaktor for elevane. Tiltaket fører også til godt og variert samarbeid mellom skolar og mellom skolar, musikk- og kulturskolar og lokalt kulturliv.
Mål: Kompetansen til skoleleiarane og lærarane skal styrkast.
Tilstandsvurdering
Det har dei siste åra blitt satsa mykje på å heve kompetansen blant tilsette i skolen. Ei kartlegging gjennomført av Fafo viser at delen lærarar som har delteke i vidareutdanning, har auka kraftig samanlikna med ei undersøking i 1998. Omfanget av etterutdanning er omtrent uendra, men det blir peika på at lærarar i grunnskolen deltek meir i etterutdanning enn andre yrkesgrupper med høg utdanning. Lærarar har høg motivasjon for læring knytt til arbeidet, og det finst fleire område med stort behov for kompetanseheving.
Tilstandsrapport for utdanningssektoren for 2003 (Læringssenteret) viser at initiativet til å bestille etter- og vidareutdanning i stor grad er overlate til den enkelte skole. I nokre tilfelle bestiller kommunar enkeltvis eller i regionar tilrettelagde tilbod frå fagmiljø, men dette ser ut til å skje i liten grad. Fafo-rapporten viser at nær halvparten av rektorane som er spurd, seier at skoleeigar i liten grad eller ikkje i det heile har ein strategi for kompetanseutvikling av undervisningspersonellet sitt.
Evaluering av dei tiltaka som er sette i verk, skjer i svært varierande grad. Fleire fylkesmenn peikar i tilstandsrapporteringa på at kommunane bør bli flinkare på dette området.
Den treårige nasjonale satsinga på kvalitetsutvikling i skolen vart avslutta i 2003. SINTEF og Danmarks pædagogiske universitet har saman evaluert satsinga. Evalueringa konkluderer med at satsinga har hatt stor positiv innverknad i skolen.
Evalueringa viser at skolar med god samarbeidskultur har langt betre resultat av satsinga enn skolar der lærarane arbeider meir individuelt. På skolar med god samarbeidskultur er undervisninga langt betre tilpassa elevane sine føresetnader, elevane er medvitne om læringsmåla, lærarane sitt arbeidsmiljø er betre, det er semje om kva retning skolen skal utviklast i, og både foreldre, lærarar og leiinga er samde om at kvaliteten på disse skolane har vorte betre dei siste åra. Evalueringa slår fast at det trengst vidare satsing på fleire område innanfor skolen. Dei framhevar IKT, kompetanseutvikling for skoleleiarar, kompetanse til å evaluere den undervisninga ein gir, tilpassa opplæring samt utvikling innanfor ungdomsskolesteget som viktige område for vidare satsing.
Kompetanseberetningen for Norge (UFD 2003) viser til forsking om læring i arbeidslivet. Norske arbeidstakarar ønskjer i stor grad å lære gjennom det daglege arbeidet. To av tre meiner at dei har størst utbytte av slik kompetanseutvikling. Organisasjonar og verksemder kan vere meir eller mindre læringsintensive. Læringsintensiteten har mellom anna samanheng med kor stort ytre eller indre trykk det er på læring i organisasjonen. I samsvar med Kompetanseberetningen skil utdanningssektoren seg ut som ein sektor med relativt sett lav læringsintensitet når ein tek omsyn til arbeidstakarane sitt høge utdanningsnivå. Dette kan ha noko å gjere med måten arbeidet og kompetanseutviklinga er organisert på, og den relative vektlegginga av på den eine sida organisert læring og på den andre sida meir uformell læring for dei tilsette. Evalueringa av den nasjonale satsinga på kvalitetsutvikling i skolen har gitt kunnskap om at skolar med ein god samarbeidskultur blant dei tilsette har betre tilpassa opplæring og elevengasjement som kjenneteikn.
Tiltak og strategiar
Ved behandlinga av Innst. S. nr. 268 (2003–2004) jf. St.meld. nr. 30 (2003–2004) Kultur for læring slutta Stortinget seg til Regjeringa sitt forslag om «å investere i et betydelig kompetanseløft for å realisere de sentrale målsettingene som er varslet i meldingen».
Stortinget bad Regjeringa «i forbindelse med statsbudsjettet for 2005 legge fram en framdriftsplan for oppfølginga av kompetanseutviklingstiltakene og tidsperiode for bruk av de anslåtte kostnadene i St.meld. nr. 30 (2003–2004)».
Gjennomføringa av reforma i grunnopplæringa krev ei målretta satsing på alle nivå i utdanningssystemet over fleire år. Det er avgjerande at menneskelege og økonomiske ressursar, både i skolane, i kommunar og fylkeskommunar, på universitet og høgskolar og særskilde ressursar til kompetanseutvikling inngår i det felles kompetanseløftet for grunnopplæringa. Riktig og tilstrekkeleg kompetanse er ein føresetnad for at reforma skal lykkast, og det krev ein samordna innsats frå dei aktørane som har eit medansvar.
Departementet har derfor utarbeidd ein strategi for perioden 2005–08, som dei viktigaste aktørane i arbeidet – Kommunenes sentralforbund, lærarane og skoleleiarane sine organisasjonar og universitets- og høgskolesektoren – har slutta seg til. Strategien følgjar opp Stortinget sine prioriteringar når det gjeld kompetanseutvikling, og den vil vere eit grunnlag for utarbeiding av lokale planar.
Skoleeigarane har ansvaret for at reforma blir gjennomført i skolar og lærebedrifter. Kompetanseutvikling for skoleeigarar og skoleleiarar er avgjerande for gjennomføringa av reforma og vil bli prioritert høgt i 2005.
Mange lærarar, særleg i grunnskolen, manglar eller har mangelfull utdanning i fag dei underviser i. Det gjeld også lærarar som underviser i fag som er sentrale og gjennomgåande i heile grunnopplæringa. Skoleeigarane sine planer for kompetanseutvikling må derfor omfatte lærarane sitt behov for vidareutdanning i 2. framandspråk, matematikk, naturfag (fysikk, kjemi), engelsk og norsk. For å dekkje behovet vil det i mange kommunar vere nødvendig å prioritere dette alt frå 2005.
Realisering av innhaldet i reforma krev kompetanseutvikling for det pedagogiske personalet i grunnopplæringa på ei rekke område. Behova for kompetanseutvikling på den enkelte skolen vil variere, og prioriteringane må ta utgangspunkt i lokale behov. Derfor må skoleeigarane vurdere kompetansebehovet på den enkelte skole særskilt som ein del av grunnlaget for dei politiske prioriteringane i kommunale/fylkeskommunale planar for kompetanseutvikling.
Strategien er i første rekke eit dokument for dei som har ansvar for å planleggje, koordinere og gjennomføre kompetanseutvikling. Dette vil i hovudsak vere kommunar og fylkeskommunar, eigarar av frittståande skolar, universitet, høgskolar og andre aktuelle fagmiljø, kvar for seg og i samarbeid. I tillegg er strategien eit overordna plandokument for den statlege utdanningsadministrasjonen.
Strategien klargjer dei ulike aktørane sine roller og ansvar, og legg premissane for samarbeid som nyttar aktørane sine ressursar og kompetanse best mogleg.
Satsinga på å auke kompetansen til lærarane innanfor pedagogisk bruk av IKT syner så langt gode resultat. Lærarane sin kompetanse er styrkt, og haldninga til IKT er vorten meir positiv. Skolar og skoleeigarar må ta ansvar for vidare arbeid med dette, men det nye nasjonale prosjektet «Lærande nettverk» vil støtte utviklinga, mellom anna gjennom erfaringsspreiing, jf. kat. 07.40 og kap. 248.
Eksisterande tiltak innanfor kompetanseutvikling vil bli sett i samanheng med reforma og utvikla i samsvar med systemskiftet i grunnopplæringa. Dette gjeld mellom anna ordninga med demonstrasjonsskolar og demonstrasjonsbedrifter, som vil bli vidareført også i 2005.
Lærarane har ansvaret for grunnopplæringa for alle barn og unge, og det er avgjerande at dei er kompetente og motiverte. Eit forslag til forskrift om karakterkrav ved opptak til allmennlærarutdanninga er sendt på høyring. Regjeringa ønskjer med dette å vise kor viktig det er at lærarutdanninga rekrutterer dei beste studentane for å utvikle dei beste lærarane. Ordninga med rettleiing av nyutdanna lærarar vil bli ført vidare. I lærarutdanninga vil opplæringa i praktisk arbeid i skolen bli styrkt gjennom støtte til lærarutdanningsinstitusjonar som i samarbeid med skoleeigarar kan vise til nyskapande utprøving av praksisopplæringa, jf. kategoriomtale under 07.60 kap. 281. Departementet vil skjerpe krava til førskolelærarar som skal undervise på 1.–4. klassetrinn, slik at dei blir i stand til å undervise etter nye læreplanar.
Mål: Auka lokalt ansvar, større handlefridom og meir mangfald skal prege grunnopplæringa.
Tilstandsvurdering
Det er eit mål for Regjeringa å oppnå meir mangfald lokalt gjennom auka lokalt ansvar og handlefridom. Søknader om og løyve til avvik frå lov, forskrift eller avtale frå kommunar, fylkeskommunar og skolar dei siste åra har vist eit stort behov for større lokal fridom med det siktemålet å få meir tid til elevkontakt, større fleksibilitet og betre utnytting av ressursane. Ei rekkje tiltak er dei siste åra sette i verk for å auke den lokale handlefridomen. Ot.prp. nr. 67 (2002–2003) Om større lokal handlefridom i grunnopplæringa har gitt fleire føresegner for auka lokal handlefridom. Mellom anna er føresegnene om klassedeling erstatta av ei føresegn om pedagogisk og tryggleiksmessig forsvarleg storleik på elevgruppene, og tidlegare klassedelingsreglar i opplæringslova erstatta av ein ny § 8-2 om organiseringa av elevane i grupper. I samband med denne endringa er det utvikla ei nettbasert rettleiing til støtte for den lokale organiseringa av opplæringa og til støtte for tilsynsarbeidet. Rettleiinga gir òg informasjon om aktuelle publikasjonar som omhandlar fleksibel og tilpassa organisering av opplæringa.
Det nasjonale kvalitetsvurderingssystemet er òg ein viktig del av eit større systemskifte for meir lokal handlefridom. Førestellinga om at staten kan skape eit likeverdig skoletilbod gjennom detaljregulering og -styring, er erstatta av tillit til at den enkelte lærar, skoleleiar og skoleeigar sjølv har dei beste føresetnadane for å vite korleis god læring kan skje innanfor ramma av nasjonale mål.
Den lokale handlefridommen er altså vesentleg auka. Men forsking tyder på at det er variasjon mellom kommunane med omsyn til korleis dei bruker handlefridommen, og i kva grad dei tek ansvar for skoleutvikling. Forsking og tilstandsrapportar frå Læringssenteret viser at det skjer ei utstrakt delegering frå skoleeigarnivå til skolenivå, men at utvikling på skolane er avhengig av utviklingsorienterte og støttande skoleeigarar.
På oppdrag frå Kommunenes Sentralforbund (KS) har Norut Samfunnsforskning AS i 2004 utarbeidd ein rapport om i kva grad norske kommunar og fylkeskommunar set skole og utdanning på den politiske dagsordenen. I hovudsak er det saker som gjeld økonomi og skolebygningar som dominerer, men engasjementet kring innhald og kvalitet ser ut til å ha auka dei siste åra.
Ein rapport frå SINTEF 2004 om skoleeigars satsing på leiing og rektor si rolle viser at ein tydeleg skolepolitikk og arbeidsgivarpolitikk er viktig for handlingsrommet til skoleleiarar og lærarar.
For å synleggjere kor viktig skoleeigar er for utviklinga på skolane, har departementet i samarbeid med KS oppretta ein skoleeigarpris til skoleeigarar som har arbeidd systematisk og målretta med å utvikle skolen over tid.
I 2003 vart dei tidlegare klassedelingsreglane tekne ut av opplæringslova og erstatta av ein ny § 8-2 om organiseringa av elevane i grupper. Her blir det m.a. fastsett at storleiken på dei gruppene som elevane ved skolane blir organiserte i, skal vere pedagogisk forsvarlege. I tillegg til sjølve lovteksten, som vart vedteken gjennom ordinær lovbehandling, gjorde Stortinget dette vedtaket:
«Stortinget ber Regjeringen gjennom tilsynsordningen påse at oppheving av delingstallet ikke blir brukt som sparetiltak. Klassedelingstallet skal ligge til grunn som minstenivå for ressurstildeling også etter at bestemmelsen om klassedelingstallet er opphevet.»
Ordlyden i dette plenumsvedtaket låg også som premiss da lovteksten vart vedteken under den ordinære lovbehandlinga, jf. Innst. O. nr. 126 (2002–2003) og Ot.prp. nr. 67 (2002–2003). Utdannings- og forskingsdepartementet legg såleis til grunn at føresetnaden i stortingsvedtaket får verknad for sjølve lovforståinga av opplæringslova § 8-2, og lova må da tolkast slik at den berekna gjennomsnittlege gruppestorleiken i ordinær opplæring ikkje skal overstige den gruppestorleiken ein ville ha fått med dei tidlegare klassedelingsreglane.
Av GSI-data for skoleåret 2003–04 gjekk det fram at 158 grunnskolar hadde større gjennomsnittleg grupperstorleik i ordinær undervisning enn det dei tidlegare klassedelingsreglane gav høve til. Departementet har sendt brev til fylkesmennene med oversikt over dei skolane som i samsvar med GSI-data har for store gjennomsnittlege undervisningsgrupper, og har bedt om at det blir ført særleg tilsyn med desse skolane. Stortinget er tidlegare blitt informert om dette i St.meld. nr. 30 (2003–2004) Kultur for læring. Tilsynet har avdekt at det for dei fleste av desse skolane er feil rapportering som er årsak til at det har sett ut som om dei har gjennomsnittlege berekna undervisningsgrupper som overstig den omtalte føresetnaden. For dei få skolane som står att, og der det såleis må leggjast til grunn at dei bryt med denne føresetnaden, har departementet bedt fylkesmennene gi dei nødvendige pålegga om at tilstanden blir retta.
Tiltak og strategiar
Departementet legg opp til ei styring av skolen som er tufta på tydeleg plassering av ansvar og stor lokal handlefridom. Dette blir det lagt vekt på i kompetanseutviklinga som følgjer av St.meld. nr. 30 (2003–2004) Kultur for læring, Innst. S. nr. 268, jf. målet om kompetente skoleleiarar.
Reforma vil gi skoleeigar større fridom til å gjere organisatoriske endringar i skolen. Inntil 25 prosent av det samla timetalet kan ein disponere lokalt, tilpassa den einskilde skolen, klassen eller eleven. Dette vil gi skole og skoleeigar handlingsrom til organisering basert på lokale tilhøve. Grunnskolen blir delt inn i barnesteg og ungdomssteg, noverande inndeling av barnesteget i småskole og mellomsteg fell bort. Dermed blir fordeling av tid til undervisning mellom trinna også meir fleksibel.
Departementet vil ta initiativ til nødvendige regelendringar som opnar for at skoleeigarar kan velje å tilsette på åremål der det synest høveleg for å rekruttere gode skoleleiarar.
I skoleåret 2004–05 har mange skolar nytta seg av høvet til å organisere elevane i grupper. Departementet vil følgje denne utviklinga og vurdere effekten av lovendringa for å sikre at gruppene er pedagogisk forsvarlege. Departementet vil også for skoleåret 2004–2005 gjennom GSI-dataene kontrollere at skolane ikkje har større gjennomsnittleg gruppestorleik enn det dei tidlegare klassedelingsreglane gav høve til.
Revidert læreplanverk med «Læringsplakaten» vil gi skoleeigarane og skolane stor fridom til å organisere undervisninga og velje metodar og arbeidsmåtar. Den omfattar heile grunnopplæringa og stiller krav til opplæringa i skole og lærebedrift. Dei nye læreplanane vil setje klare mål for den kompetansen eleven og lærlingen skal oppnå, men ikkje gi detaljerte føringar for arbeidsmåtar og innhald. Dette systemskiftet blir sentralt i kompetanseutviklinga for alle tilsette i skolen, jf. målet om styrkt kompetanse for lærarar og skoleleiarar.
I tida fram mot innføring av reforma vil det bli lagt til rette for at skolar og skoleeigarar kan drive forsøk og pilotprosjekt med ordningar som vil bli innførte i 2006.
Departementet vil vurdere å sende på høring eit framlegg om større grad av fritt skoleval i vidaregåande opplæring. Strukturen blir enklare med færre utdanningsprogram og vil gi større fleksibilitet i tilrettelegging av tilbodet for elevane og lærlingane, og bli enklare å tilpasse for fylkeskommunane.
Departementet vil gi påbod om og føre tilsyn med at alle elevar får rettleiing om val av studieretning og yrke, men vil ikkje innføre reglar om organisering, krav til kompetanse eller styring av ressursbruk. Dette vil framleis vere eit lokalt ansvar. I tråd med forslaga i St.meld. nr. 30 (2003–2004) Kultur for læring vil departementet ta initiativ til ulike tiltak for å styrke samarbeidet om og kvaliteten på rådgivingstenesta.
Også i eit meir generelt perspektiv fører satsinga på utvida lokalt handlingsrom i grunnopplæringa, samtidig som nasjonale mål skal nåast, til at det blir viktig å ha eit tilpassa og velfungerande tilsynsapparat. Hovudmålet med Utdanningsdirektoratet er at det skal medverke til kvalitetsutvikling av grunnopplæringa. Direktoratet har m.a. det faglege ansvaret for det nye nasjonale systemet for kvalitetsvurdering. Dette må også sjåast i samanheng med at direktoratet har det utøvande ansvaret på nasjonalt nivå knytt til tilsyn og anna statleg oppfølging som gjeld kvaliteten i opplæringa. Som ledd i dette har direktoratet på utdanningsområdet også fått ansvaret for embetsstyringa av fylkesmennene. Direktoratet har fått ansvaret for at det m.a. blir utvikla ein tilsynsmetodikk og ein tilsynspraksis som får best mogleg effekt for kvaliteten av opplæringa, samtidig som rollefordelinga mellom stat og kommune/fylkeskommune blir respektert.
Kap. 220 Utdanningsdirektoratet (jf. kap. 3220)
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2003 | Saldert budsjett 2004 | Forslag 2005 |
01 | Driftsutgifter | 137 111 | ||
21 | Særskilde driftsutgifter , kan nyttast under post 70 | 7 848 | ||
70 | Tilskott til læremiddel o.a. , kan overførast, kan nyttast under post 21 | 37 634 | ||
Sum kap. 220 | 182 593 |
I samband med omorganiseringa av den statlege utdanningsadministrasjonen er det i 2004 gjort følgjande tekniske endringar:
Løyvingane på kap. kap. 202 post 01, kap. 204 post 01 og kap. 223 postane 01 og 71 er overførte til kap. 220 post 01.
Det er overført 4,4 mill. kroner til kap. 220 post 01 frå kap. 200 post 01.
Det er overført 13,9 mill. kroner til kap. 220 post 01 frå kap. 226 post 21.
Det er overført 1,8 mill. kroner til kap. 220 post 01 frå kap. 243 post 01.
Det er overført 0,9 mill. kroner til kap. 220 post 01 frå kap. 248 post 21.
Løyvinga på kap. 220 post 21 er overført frå kap. 202 post 21.
Løyvinga på kap. 220 post 70 er overført frå kap. 202 post 70.
Regjeringa har omorganisert den statlige utdanningsadministrasjonen og oppretta det nye Utdanningsdirektoratet i juni 2004. Hovudområda for Utdanningsdirektoratet vil vere vurdering og analyse, utvikling, rettleiing og støtte, samt tilsyn og forvaltning, jf. St.prp. nr. 1 Tillegg nr. 1 (2003–2004), Budsjett-innst. S. nr. 12 (2003–2004), og St.prp. nr. 63 (2003–2004).
Den sentrale administrasjonen av det statlige spesialpedagogiske støttesystemet (Statped) er integrert i Utdanningsdirektoratet f.o.m. juni 2004. Midlar til Statped er flytta frå kap. 243 Kompetansesenter for spesialundervisning til kap. 220 Utdanningsdirektoratet. Midlar til det statlege spesialpedagogiske nettverket og kompetansesentra blir løyvde over kap. 230.
I tråd med forslaget frå Regjeringa i Ot.prp. nr. 55 (2003–2004) vedtok Stortinget at Rådet for fagopplæring i arbeidslivet (RFA) blir erstatta av eit samarbeidsorgan med deltaking frå partane i arbeidslivet og departementet, samt at det blir etablert faglege råd som erstattar opplæringsråda. Koordineringa og førebuinga av arbeidet i samarbeidsorganet skal skje i Utdanningsdirektoratet.
Utdanningsdirektoratet er eit viktig verkemiddel i den nasjonale utdanningspolitikken. Nye oppgåver for direktoratet er, i tillegg til oppgåver frå det tidlegare Læringssenteret, ansvaret for det statlege spesialpedagogiske støttesystemet, regelforvaltning, tilsyn, tilskottsforvaltning, embetsstyring av fylkesmennene og etatsstyring av statlege skolar. Direktoratet skal ta hand om arbeidet departementet har hatt ansvaret for når det gjeld utvikling av det samiske utdanningsområdet. Ei rekkje enkeltoppgåver har også vorte overført til direktoratet. I 2005 vil direktoratet arbeide med store oppgåver knytte til oppfølging av St.meld. nr. 30 (2003–2004) Kultur for læring, Innst. S. nr. 268.
Post 01 Driftsutgifter
Resultatrapport for 2003–04
Læringssenteret
Læringssenteret har hatt sentrale oppgåver knytte til kvalitetsutvikling i grunnskole og vidaregåande opplæring. Ei av dei største oppgåvene i 2003–04 har vore iverksetjinga av det nasjonale kvalitetsvurderingssystemet med gjennomføring av dei første nasjonale prøvene og etableringa av nettstaden skoleporten.no. Ein annan viktig del av arbeidet med kvalitet i opplæringa har vore å utvikle og å styrkje relasjonane mellom dei ulike samarbeidspartane på opplæringsfeltet. Vidare har Læringssenteret mellom anna
arbeidd med revisjon av læreplanar og med utvikling av nye læreplanar
koordinert og kvalitetssikra det nasjonale arbeidet med elev- og lærlingvurdering
gjennomført avgangsprøva i grunnskolen og eksamen i vidaregåande opplæring
ført vidare arbeidet med kartleggingsprøver
sørgt for utvikling, produksjon og distribusjon av læremiddel for ulike opplæringsgrupper på prioriterte udekte områder inklusive digitale læremiddel
teke del i arbeidet med gjennomføring av handlingsplanen «IKT i norsk utdanning – Plan for 2002–2003»
ivareteke nasjonale kompetanseutviklingstiltak og gitt støtte og rettleiing til lokalt utviklingsarbeid
medverka til at arbeidet med kvalitetsutvikling på det samiske området er ført vidare
ført vidare evaluering og forsking med relevans for skoleverket
sett i verk ein heilskapleg strategi for eit godt lærings- og oppvekstmiljø, og vidareført samarbeidet med andre departement om gjennomføringa av ulike handlingsplanar
teke del i bilaterale, nordiske og internasjonale aktivitetar innanfor skole og fagopplæring, og levert relevant informasjon og dokumentasjon som kan gi ei samla oversikt over tilstanden i skolesektoren som grunnlag for planlegging og gjennomføring av utdanningspolitiske tiltak lokalt og sentralt
utført utgreiingsoppgåver og gitt råd innanfor dei ulike fagområda senteret har ansvaret for
medverka til å byggje opp kompetansen i den lokale PP-tenesta og stimulert til etablering av nettverk mellom desse ved hjelp av Fagleg eining for PP-tenesta
Foreldreutvalet for grunnskolen (FUG)
FUG er eit rådgivande organ for departementet og skal arbeide for å styrkje engasjementet til foreldra i grunnskolen gjennom informasjon, skolering og rettleiing.
FUG rapporterer om stor aktivitet for å setje foreldremedverknad på dagsordenen. Etter FUG si vurdering er foreldreengasjementet aukande i norsk skole.
Mellom dei viktigaste tiltaka i skoleåret 2003–04 var informasjon til foreldra, mellom anna ved at FUG har delteke i ei rekkje arbeidsgrupper og referansegrupper og på kurs og foreldreverksemd på skolar og i kommunar og fylkeskommunar over heile landet.
I prosjektet «Skolestart 2004» har det vorte utarbeidd og sendt ut materiell med sikte på å få til meir elev- og foreldremedverknad i skolen.
FUG har utvikla eit tett samarbeid med ulike samarbeidspartnarar på nasjonalt og internasjonalt nivå.
Resultatmål 2005
Utdanningsdirektoratet
Etablering av Utdanningsdirektoratet er eit ledd i å styrkje den statlege utdanningsadministrasjonen og inngår i ein samla strategi for kvalitetsutvikling i grunnopplæringa. Direktoratet skal, i tråd med det mandatet det har og innanfor politiske prioriteringar, arbeide med kvalitetsutvikling i sektoren og rapportere om dei resultata som blir nådde.
Nærmare omtale av dei ulike områda innanfor kvalitetsutvikling finn ein i kap. 226 Kvalitetsutvikling i grunnopplæringa.
Utdanningsdirektoratet sine hovudoppgåver vil i 2005 i stor grad vere knytte til oppfølging av St.meld. nr. 30 (2003–04) Kultur for læring, jf. Innst. S. nr. 268. Sentralt i dette arbeidet er utvikling av nye læreplanar og gjennomføring av Strategi for kompetanseutvikling.
Ei anna sentral oppgåve vil vere å utvikle vidare det nasjonale systemet for kvalitetsvurdering som grunnlag for kvalitetsutvikling.
Direktoratet skal følgje opp dei nasjonale strategiane «Gi rom for lesing», «Realfag, naturligvis» og «Likeverdig utdanning i praksis».
Direktoratet er også hovudaktør på sentralt hald i alt arbeid med elevane og lærlingane sitt arbeidsmiljø, mellom anna som deltakar i Manifest mot mobbing. Dessutan skal direktoratet utvikle og styrkje det spesialpedagogiske området.
Direktoratet er tillagt utøving av myndigheit i forvaltningssaker. I det ligg forvaltning av regelverk, tilsyn, billighetserstatning og forsøk etter opplæringslova.
Ein del tilskottsordningar som tidlegare har vore forvalta av departementet, blir overførte til direktoratet frå 2005.
Utdanningsdirektoratet har embetsstyringa av fylkesmannsembetet på opplæringsnivå, samt etatsstyring av dei statlege skolane.
I samsvar med endringar i opplæringslova § 12-1 og 12-2 blir det oppretta eit nytt «Samarbeidsorgan for yrkesopplæring» og nye faglege råd. Direktoratet skal samordne og førebu arbeidet i desse organa.
Foreldreutvalet for grunnskolen (FUG)
Fleire studiar viser at heimen er viktig for elevane sine prestasjonar og trivnad på skolen. Samarbeid med foreldra er såleis særs viktig for å realisere måla for opplæringa i skolen. FUG skal utviklast vidare som ein fast arena for foreldremedverknad på nasjonalt nivå. Kontakt med og informasjon til ulike grupper av foreldre er ei viktig oppgåve for FUG.
Departementet skal greie ut og fremme forslag om ei organisering av FUG som mellom anna skal sikre ei meir representativ forankring. I mellomtida skal FUG arbeide vidare etter dei retningslinjene som er trekte opp i St.meld. nr. 14 (1997–98), jf. Innst. S. nr. 117 (1997–98).
Ei hovudoppgåve vil vere å informere om reforma i grunnopplæringa, jf. Innst. S. nr. 268 og St.meld. nr. 30 (2003–2004) Kultur for læring. I tillegg bør FUG mellom anna oppmode foreldra til å ta i bruk det nasjonale systemet for kvalitetsvurdering av norsk grunnopplæring. FUG må også byggje på erfaring frå prosjektet «Elektronisk foreldreNETTverk» og «Minoritetsspråklige foreldre» og utvikle desse vidare.
Budsjettforslag for 2005
Løyvinga på post 01 kan overskridast mot tilsvarande meirinntekter på kap. 3220 post 02, jf. forslag til vedtak II nr. 1.
Løyvinga på post 21 kan overskridast mot tilsvarande meirinntekter frå oppdragsverksemd, jf. forslag til vedtak II nr. 2. I tillegg kan løyvinga på post 21 nyttast under post 70.
Departementet foreslår at løyvinga til Utdanningsdirektoratet på post 01 blir ført vidare på same nivå som løyvinga til Læringssenteret i 2004. Departementet foreslår vidare at løyvinga til Foreldreutvalet for grunnskolen på post 01 blir ført vidare på same nivå som i 2004. Vidare foreslår departementet at løyvinga til Samarbeidsrådet for yrkesopplæring på post 01 blir ført vidare på same nivå som løyvinga til Rådet for fagopplæring i arbeidslivet og Opplæringsråda var på i 2004.
Post 70 Tilskott til læremiddel o.a., kan overførast, kan nyttast under post 21
Løyvinga gjeld tilskott til utvikling og produksjon av læremiddel for små elevgrupper og smale fagområde, og tilskott til utvikling og produksjon av særskilt tilrettelagde læremiddel og læremiddel for språklege minoritetar. Ordninga blir forvalta av Utdanningsdirektoratet.
Tilskottsordninga skal medverke til at det blir utvikla og produsert læremiddel til alle elevgrupper, også dei som er så små at det ikkje er grunnlag for kommersiell utvikling.
Det er utvikla læremiddel for språklege minoritetar, læremiddel for små fag i vidaregåande opplæring, digitale læremiddel og særskilt tilrettelagde læremiddel. Det er utvikla både trykte og digitale læremiddel innanfor alle område. I tillegg er det gjennomført og sett i gang fleire forskings- og evalueringsprosjekt innanfor læremiddelområdet.
Læringssenteret kartla i 2003 den samla ressursbruken i offentleg lydbokproduksjon i Noreg. Alle offentlege lydbokprodusentar er no samde i å gå over til ein digital lydbokstandar for brukarar med behov for særskild tilpassing. Arbeidet med å leggje om til ny standard er starta opp, og Utdanningsdirektoratet vil halde fram med dette arbeidet dei nærmaste åra.
Eit forprosjekt knytt til utvikling av læremiddel til tospråklig fagopplæring på ungdomstrinnet er sett i gang. Nordisk ordboksprosjekt LEXIN-N er ført vidare. Det er gjennomført ei lansering av norsk-tamil mini-ordbok. Utvikling av norsk-sørkurdisk (sorani) og norsk-nordkurdisk (kurmanji) ordbøker er sett i gang.
Departementet foreslår at løyving blir ført vidare på same nivå. Departementet vil sørgje for utvikling, produksjon og distribusjon av læremiddel og læringsressursar for prioriterte områder og grupper. Nordisk samarbeid om LEXIN og internasjonalt samarbeid om DAISY vil bli ført vidare.
Kap. 3220 Utdanningsdirektoratet (jf. kap. 220)
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2003 | Saldert budsjett 2004 | Forslag 2005 |
01 | Inntekter frå oppdrag | 7 503 | ||
02 | Salsinntekter o.a | 11 548 | ||
Sum kap. 3220 | 19 051 |
I høve til 2004 er det gjort følgjande tekniske endringar:
Løyvinga på kap. 3220 post 01 er overført frå kap. 3202 post 01.
Løyvinga på kap. 3220 post 02 er overført frå kap. 3202 post 02 og kap. 3204 post 02.
Kap. 221 Grunnskolen (jf. kap. 3221)
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2003 | Saldert budsjett 2004 | Forslag 2005 |
01 | Driftsutgifter | 5 991 | ||
60 | Tilskott til verkemiddeltiltak i Nord-Noreg , kan overførast | 11 488 | ||
61 | Tilskott til institusjonar | 34 997 | ||
62 | Tilskott til Fjellheimen leirskole | 3 943 | 4 081 | |
63 | Tilskott til skolefritidsordningar , kan overførast | 167 970 | ||
65 | Tilskott til opplæring for språklege minoritetar i grunnskolen | 780 546 | 785 473 | |
66 | Tilskott til leirskoleopplæring | 77 565 | 33 534 | |
67 | Tilskott til kommunale musikk- og kulturskolar , overslagsløyving | 95 781 | 41 604 | |
69 | Kompensasjon for investeringskostnader ved grunnskolereforma | 512 825 | 371 480 | |
70 | Tilskott til utvikling av musikk- og kulturskolane | 7 300 | 7 563 | |
Sum kap. 0221 | 1 698 406 | 1 243 735 |
I høve til 2004 er det gjort følgjande tekniske endringar:
Løyvinga på kap. 221 post 62 er flytta til kap. 227 post 62.
Løyvinga på kap. 221 post 65 er flytta til kap. 225 post 64.
Løyvinga på kap. 221 post 66 er flytta til kap. 225 post 66.
Løyvinga på kap. 221 post 67 vart innlemma i rammetilskottet til kommunane frå 1. januar 2004. Midlane på posten er overførte til kap. 571 post 60.
Løyvinga på kap. 221 post 69 er flytta til kap. 225 post 69.
Løyvinga på kap. 221 post 70 er flytta til kap. 225 post 71.
Post 61 Tilskott til institusjonar
Denne posten vart i 2004 innlemma i rammetilskottet til kommunane, kap. 571 post 60, med 2,8 mill. kroner og i rammetilskottet til fylkeskommunane, kap. 572 post 60, med 33,2 mill. kroner, på budsjettet til Kommunal- og regionaldepartementet.
Post 67 Tilskott til kommunale musikk- og kulturskolar, overslagsløyving
Etter opplæringslova § 13-6 skal alle kommunar aleine eller i samband med andre kommunar ha eit musikk- og kulturskoletilbod til barn og unge, organisert i samband med skoleverket og kulturlivet i kommunen.
Då Stortinget handsama statsbudsjettet for 2004, vart det vedteke å innlemme tilskott til kommunale musikk- og kulturskolar i rammetilskottet til kommunane frå 1. januar 2004. Midlane er overførte til kap. 571 post 60 på budsjettet til Kommunal- og regionaldepartementet. Regjeringa har følgt utviklinga i musikk- og kulturskoletilbodet nøye sidan midlane til musikk- og kulturskolane ikkje lenger er øyremerkte.
Fylkesmannen i Sør-Trøndelag har på oppdrag frå departementet utarbeidd ein tilstandsrapport om musikk- og kulturskolane for skoleåret 2003–04. Denne rapporten viser at det generelle trekket er at elevtalet har auka. På landsbasis er auken på 2,4 pst. frå skoleåret 2002–03. Våren 2004 tok 86 363 barn i grunnskolealder del i dette tilbodet, i tillegg til drygt 8 389 førskolebarn og 10 107 over grunnskolealder.
Tidlegare var det eit krav at skolepengesatsen ikkje skulle overstige 1 600 kroner per elevplass. Dette kravet fall bort då det øyremerkte tilskottet vart innlemma. Den maksimale satsen for foreldrebetaling er ikkje justert sidan 1993. 1 600 kroner i 1993 tilsvarar 2 093 kroner i 2004. Nye tal viser at snautt halvparten av kommunane no har ein sats som er høgare enn den tidlegare maksimalsatsen. Den gjennomsnittlige foreldrebetalingssatsen har stege med 213 kroner til 1 699 kroner.
Det øyremerkte tilskottet vart utbetalt etterskottsvis medan rammefinansiering følgde budsjettåret. For at ikkje kommunane skulle bli belasta med eit etterslep i overgangen frå øyremerkte finansiering til rammefinansiering, vart det i 2004 løyvt 41,6 mill. kroner på kap. 221 post 67 for å dekkje aktiviteten hausten 2003.
Kap. 3221 Grunnskolen (jf. kap. 221)
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2003 | Saldert budsjett 2004 | Forslag 2005 |
04 | Refusjon av ODA-godkjende utgifter | 66 584 | 50 147 | |
Sum kap. 3221 | 66 584 | 50 147 |
Løyvinga på kap. 3221 post 04 er flytta til kap. 3225 post 04.
Kap. 222 Statlege grunn- og vidaregåande skolar og grunnskoleinternat (jf. kap. 3222)
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2003 | Saldert budsjett 2004 | Forslag 2005 |
01 | Driftsutgifter | 48 901 | 49 273 | 124 758 |
45 | Større utstyrsinnkjøp og vedlikehald , kan overførast | 4 021 | ||
Sum kap. 222 | 48 901 | 49 273 | 128 779 |
I høve til 2004 er det gjort følgjande tekniske endringar:
Post 01 er auka med 71,3 mill. kroner i samband med at midlar er overført frå kap. 232 post 01.
Løyvinga på kap. 222 post 45 er flytta frå kap. 232 post 45.
Kapitlet omfattar:
drift av Longyearbyen skole, Svalbard
drift av skole og internat ved Sameskolen i Midt-Noreg, Hattfjelldal
undervisnings- og internattenester for sameskolane i Snåsa og Målselv kommunar
ventelønn for personale frå avvikla statsinternat
drift av Samisk vidaregåande skole, Karasjok og Samisk vidaregåande skole og reindriftsskole, Kautokeino
drift av Statens gartnar- og blomsterdekoratørskole Vea
lønn etter rettsvilkårsavtalen for personale ved nedlagde statlege vidaregåande skolar
Resultatrapport for 2003–04
Longyearbyen skole
I skoleåret 2003–04 hadde Longyearbyen skole 225 elevar. Av desse var 190 i grunnskolen og 35 i vidaregåande opplæring. I tillegg gav skolen tilbod om vaksenopplæring til 43 personar. Skolen har ansvar for skolefritidsordninga (om lag 50 barn), den lokale kulturskolen (om lag 100 elevar) og PP-tenesta. Skolen samarbeider med det lokale næringslivet, offentlege instansar og privatpersonar for å leggje til rette eit godt og variert tilbod til elevane, m.a. uteskoleaktivitetar og kulturaktivitetar. Frå 1. januar 2004 vart skolen overført til husleigeordninga for statlege bygg.
Elevtalet ved Longyearbyen skole har auka gjennom fleire år, og skolen treng meir areal. Departementet har gitt Statsbygg i oppdrag å utvide og byggje om deler av skolen innanfor ei kostnadsramme på 26–30 mill. kroner. Det er ført dialog mellom Utdannings- og forskingsdepartementet, Justisdepartementet, representantar for Longyearbyen lokalstyre og Arbeids- og administrasjonsdepartementet om rammevilkåra som skal gjelde ved ei overføring av skoleverksemda til lokalstyret sitt ansvarsområde frå 1. januar 2006, jf. St.prp. nr. 1 (2003–2004).
Grunnskolar for samiske elevar
Sameskolen i Midt-Noreg hadde i skoleåret 2003–04 sju faste elevar, og fire av desse budde på internatet. I tillegg fekk tre elevar i den kommunale skolen i Hattfjelldal opplæring i samisk ved sameskolen. 33 elevar hadde i løpet av året åtte vekers internatopphald ved skolen med intensivopplæring i samisk språk og kultur. Skolen gav fjernundervisning til 35 elevar i 19 skolar i elleve kommunar. Tilbodet om fjernundervisning er utvikla i samband med prosjektet «Sørsamisk opplæring ved heimeskolen». Prosjektet tek sikte på å komme fram til tilfredsstillande alternativ til internatskole for sørsamiske elevar. Prosjektet vart avslutta sommaren 2004, og evalueringsrapport vil ligge føre mot slutten av 2004. Departementet vil kome tilbake til organisering av samisk grunnopplæring og i den samanhengen spørsmål om statleg skole- og internatdrift. Det tilbodet om fjernundervisning som er utvikla, vil bli ført vidare. Midlar til dette er tekne med i budsjettforslaget for 2005 over kap. 226 post 21.
Etter avtale med kommunane dekkjer staten kostnadene for sameskolane i Snåsa og Målselv. Snåsa hadde i skoleåret 2003–04 18 elevar (30 året før), og 13 (15) av desse budde på internatet. I tillegg fekk om lag 32 (30) elevar i heimeskolar tilbod gjennom denne sameskolen sine ordningar med reiselærar, fjernundervisning og korttidsopphald på skolen. Målselv hadde 16 elevar, mot 20 året før. Dei fleste budde på internatet.
Statens samiske vidaregåande skolar
I skoleåret 2003–04 hadde Samisk vidaregåande skole i Karasjok 121 elevar mot 110 året før. Samisk vidaregåande skole og reindriftsskole i Kautokeino hadde 120 elevar mot 100 året før. I tillegg kjem deltakarar på ulike kurs ved dei to skolane.
I arbeidet med oppfølging av evalueringa av samisk vidaregåande opplæring under Reform 94 sette departementet hausten 2001 ned ei arbeidsgruppe som fekk i oppgåve å vurdere tilknytingsforma for dei to samiske vidaregåande skolane. Arbeidsgruppa (Kvalvik-utvalet) la i august 2002 fram rapporten sin og rådde til at Sametinget bør få ansvaret for drift og innhald i dei to vidaregåande skolane. Rapporten har vore på høyring. Dei høyringsfråsegnene som departementet har fått til utgreiinga frå Kvalvik-utvalet,, rår anten til at dei statlege samiske vidaregåande skolane blir knytte til Sametinget, lagde til fylkeskommunen eller held fram som no. I høringsfråsegna si ser Sametinget saka i samanheng med utgreiinga om prinsipp og retningslinjer for vidaregåande opplæring for den samiske befolkninga. Desse sakene er under vurdering i departementet. Departementet vil ta kontakt med Finnmark fylkeskommune om saka.
Statens gartnar- og blomsterdekoratørskole
Skolen hadde i skoleåret 2003–04 63 elevar på heiltid. I tillegg kjem deltakarar på ulike kurs.
I samsvar med omstillingsprosjektet frå 2002 er omfanget av vidaregåande opplæring redusert, og det er lagt til rette komprimerte kurs for blomsterdekoratørar og modulbaserte kurs for gartnarar. Fleire elevar har vidaregåande opplæring før dei tek utdanning på Vea. Skolen arbeider med utvikling av planar for fagskoleutdanning
Statens dykkarskole
I 2003 omfatta verksemda ved Statens dykkarskole grunnkurs, inspeksjonskurs, kurs for anleggsdykkarar, redningsdykkarkurs og ulike kortare kurs. Kurs for klokkedykkarar vart ikkje halde i 2003. Det var oppgang i kursaktiviteten i 2003. Skolen merkte også dette året auka interesse for kurs i redningsdykking. Talet på elevdagar var 4 589 mot 3 575 året før. Kursomfanget for elleve kurs utgjorde 411 kursdøgn mot 318 for ti kurs i 2002. Det var 104 kursdeltakarar i 2003, mens det var 94 året før.
I St.prp. nr. 1 (2003–2004) varsla departementet at det var planar om å leggje om dykkarutdanninga frå ulike kortare kurs til ei eittårig utdanning på fagskolenivå, og at ein ville sjå nærmare på organisering av Statens dykkarskole. Statens dykkarskole blir overført til Høgskolen i Bergen frå 1. januar 2005.
Resultatmål for 2005
Longyearbyen skole
Statsbygg tek sikte på å ferdigstille nye/ombygde lokale for skolen i august 2005. Ansvaret for styring og drift av skoleverksemda på Svalbard skal etter planen overførast til lokalstyret frå 1. januar 2006. Dei bygga som skolen disponerer, og dei lokala som skolen leiger, tek ein sikte på å overføre til lokalstyret sitt ansvars-/forvaltningsområde. Det statlege tilsynet med skolen og opplæringa vil framleis liggje til Fylkesmannen i Troms.
Grunnskolar for samiske elevar
Bakgrunnen for at staten driv Sameskolen for Midt-Noreg og dessutan gir eiga løyving til sameskolane i Snåsa og Målselv kommunar, er å gi samiske elevar opplæringstilhøve som kan vere med og styrkje samisk språk og identitet. Evalueringsrapport for prosjektet «Sørsamisk opplæring ved heimeskolen» vil liggje føre mot slutten av 2004. Departementet vil komme tilbake til organisering av samisk grunnopplæring og spørsmålet om statleg skole- og internatdrift.
Statens samiske vidaregåande skolar
I tillegg til å gi vidaregåande opplæring for samisk ungdom skal skolane i 2005 vidareutvikle tilbodet sitt om fjernundervisning i samisk språk og kultur og kurs- og utviklingsarbeid retta mot regional næringsutvikling og samisk kultur. I samråd med utdanningsavdelingane til Sametinget og Fylkesmannen i Finnmark skal skolane også ta del i arbeidet med å styrkje vaksenopplæringstilbodet for den samiske befolkninga.
Statens gartnar- og blomsterdekoratørskole Vea
Omstillingsarbeidet ved skolen skal halde fram i 2005 med sikte på kurs- og kompetansesenter med vekt på bransjeretta utviklingsarbeid knytt til eit større fagmiljø, og med utdanningstilbod som byggjer på vidaregåande opplæring. Skolen skal framleis leggje til rette for fleksible ordningar for kompetanseutvikling etter søkjar- og bransjebehov. Departementet arbeider for å knytte skolen til eit større fagmiljø eller til fylkeskommunen, eventuelt kan nedlegging bli aktuelt.
Statens dykkarskole
Når Høgskolen i Bergen frå 1. januar 2005 overtek verksemda ved Statens dykkarskole, vil høgskolen få ansvaret for vidareføring og vidareutvikling av dykkarutdanninga. I revidert nasjonalbudsjett for 2004 vart det informert om og gitt løyving til å etablere eit aksjeselskap saman med Statoil og Norsk Hydro. Siktemålet med etableringa er mellom anna å kjøpe og drifte utstyr til utdanning av klokkedykkarar.
Budsjettforslag for 2005
Forslag til løyving på kap. 222 blir ført vidare på same nivå som i 2004 med tillegg av 1,3 mill. kroner i husleige til Statsbygg for hausten 2005 for utbygd/ombygd skole på Svalbard.
Løyvinga på post 45 blir ført vidare på same nivå som i 2004, og ho skal gå til innkjøp av nødvendig utstyr til skolane med opplæring på vidaregåande nivå.
Løyvinga kan overskridast mot tilsvarande meirinntekter på kap. 3222 post 02 og 61, jf. forslag til vedtak II nr. 1.
Kap. 3222 Statlege grunn- og vidaregåande skolar og grunnskoleinternat (jf. kap. 222)
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2003 | Saldert budsjett 2004 | Forslag 2005 |
02 | Salsinntekter o.a. | 3 506 | 377 | 4 309 |
15 | Refusjon for arbeidsmarknadstiltak | 406 | ||
16 | Refusjon av fødselspengar/adopsjonspengar | 436 | ||
18 | Refusjon av sjukepengar | 687 | ||
61 | Refusjon frå fylkeskommunar | 822 | ||
Sum kap. 3222 | 5 035 | 377 | 5 131 |
I høve til 2004 er det gjort følgjande tekniske endringar:
Post 02 er auka med 3,9 mill. kroner i samband med at det er overført midlar frå kap. 3232 post 02.
Løyvinga på post 61 er overført frå kap. 3232 post 61.
Post 02 gjeld inntekter frå m.a.
kurs ved skolane
betaling frå heimeskolane for fjernundervisning frå Sameskolen i Midt-Noreg.
elev-/foreldrebetaling for kulturskolen og skolefritidsordninga, og inntekter frå utleige av hyblar til elevar i vidaregåande skole ved Longyearbyen skole.
Post 61 gjeld betaling frå fylkeskommunar for kjøp av opplæringsplassar ved Statens gartnar- og blomsterdekoratørskole Vea.
Kap. 223 Vidaregåande opplæring
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2003 | Saldert budsjett 2004 | Forslag 2005 |
01 | Driftsutgifter | 9 827 | 7 100 | |
60 | Tilskott til landslinjer | 144 351 | 137 403 | |
65 | Tilskott til opplæring for språklege minoritetar i vidaregåande opplæring | 26 174 | 27 094 | |
70 | Tilskott til bedrifter som tek inn lærlingar med særskilde behov | 6 172 | 7 212 | |
71 | Tilskott til drift av opplæringsråd | 7 478 | 8 400 | |
72 | Tilskott til internasjonale utdanningsprogram | 39 184 | 46 952 | |
73 | Tilskott til studieopphald i utlandet | 7 338 | 7 582 | |
74 | Tilskott til Røde Kors Nordisk United World College | 21 497 | 21 947 | |
Sum kap. 223 | 262 020 | 263 690 |
I høve til 2004 er det gjort følgjande tekniske endringar:
Løyvinga på kap. 223 post 01 er flytta til kap. 220 post 01.
Løyvinga på kap. 223 post 60 er flytta til kap. 225 post 60.
Løyvinga på kap. 223 post 65 er flytta til kap. 225 post 65.
Løyvinga på kap. 223 post 70 er flytta til kap. 225 post 70.
Løyvinga på kap. 223 post 71 er flytta til kap. 220 post 01.
Løyvinga på kap. 223 post 72 er flytta til kap. 225 post 72.
Løyvinga på kap. 223 post 73 er flytta til kap. 225 post 73.
Løyvinga på kap. 223 post 74 er flytta til kap. 227 post 72.
Kap. 224 Fellestiltak i grunnopplæringa
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2003 | Saldert budsjett 2004 | Forslag 2005 |
01 | Driftsutgifter | 114 822 | 115 568 | |
61 | Tilskott til opplæring innanfor kriminalomsorga | 100 384 | 103 897 | |
64 | Tilskott til opplæring i finsk | 8 275 | 8 259 | |
68 | Det samiske utdanningsområdet , kan overførast | 36 746 | 36 962 | |
70 | Tilskott | 8 257 | 8 556 | |
Sum kap. 224 | 268 483 | 273 242 |
I høve til 2004 er det gjort følgjande tekniske endringar:
Løyvinga på post 01 er nedjustert med 1 mill. kroner mot ein tilsvarande auke av løyvinga på kap. 226 post 21.
Resterande løyving på kap. 224 post 01 er flytta til kap. 225 post 01.
Løyvinga på kap. 224 post 61 er flytta til kap. 225 post 68.
Løyvinga på kap. 224 post 64 er flytta til kap. 225 post 67.
Løyvinga på kap. 224 post 68 er flytta til kap. 225 post 63.
Løyvinga på kap. 224 post 70 er flytta til kap. 225 post 74.
Kap. 225 Tiltak i grunnopplæringa (jf. kap. 3225)
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2003 | Saldert budsjett 2004 | Forslag 2005 |
01 | Driftsutgifter | 118 686 | ||
60 | Tilskott til landslinjer | 99 020 | ||
63 | Tilskott til samisk i grunnopplæringa , kan overførast | 40 301 | ||
64 | Tilskott til opplæring for språklege minoritetar i grunnskolen | 902 066 | ||
65 | Tilskott til opplæring for språklege minoritetar i vidaregåande opplæring | 27 975 | ||
66 | Tilskott til leirskoleopplæring | 33 500 | ||
67 | Tilskott til opplæring i finsk | 10 164 | ||
68 | Tilskott til opplæring i kriminalomsorga | 107 274 | ||
69 | Kompensasjon for investeringskostnader ved grunnskolereforma | 332 621 | ||
70 | Tilskott til bedrifter som tek inn lærlingar med særskilde behov | 7 457 | ||
71 | Tilskott til utvikling av musikk- og kulturskolane | 7 820 | ||
72 | Tilskott til internasjonale utdanningsprogram | 48 195 | ||
73 | Tilskott til studieopphald i utlandet | 7 840 | ||
74 | Tilskott til organisasjonar | 9 997 | ||
Sum kap. 225 | 1 752 916 |
Frå 2004 er det gjort følgjande tekniske endringar:
Løyvinga på kap. 225 post 01 er flytta frå kap. 224 post 01.
Løyvinga på kap. 225 post 60 er flytta frå kap. 223 post 60.
Løyvinga på kap. 225 post 63 er flytta frå kap. 224 post 68.
Løyvinga på kap. 225 post 64 er flytta frå kap. 221 post 65.
Løyvinga på kap. 225 post 65 er flytta frå kap. 223 post 65.
Løyvinga på kap. 225 post 66 er flytta frå kap. 221 post 66.
Løyvinga på kap. 225 post 67 er flytta frå kap. 224 post 64.
Løyvinga på kap. 225 post 68 er flytta frå kap. 224 post 61.
Løyvinga på kap. 225 post 69 er flytta frå kap. 221 post 69.
Løyvinga på kap. 225 post 70 er flytta frå kap. 223 post 70.
Løyvinga på kap. 225 post 71 er flytta frå kap. 221 post 70.
Løyvinga på kap. 225 post 72 er flytta frå kap. 223 post 72.
Løyvinga på kap. 225 post 73 er flytta frå kap. 223 post 73.
Løyvinga på kap. 225 post 74 er flytta frå kap. 224 post 70, og posten er justert opp med 1,15 mill. kroner mot ei nedjustering av kap. 270 post 74.
Post 01 Driftsutgifter
Løyvinga gjeld avgangsprøva i grunnskolen og sentralt gitte prøver i vidaregåande opplæring. Løyvinga på denne posten har tidligare òg vorte brukt til å finansiere Skolefilmutvalet.
Resultatrapport for 2003–04
Det er i perioden:
utarbeidd sentrale prøver og sentralt prøvemateriell med vurderingsrettleiingar og skolert fagnemnder
gjennomført sentral sensur og klagehandsaming og skolering av sensorar
gjennomført informasjonstiltak overfor fylkesmennene, kommunar og fylkeskommunar
gjennomført arbeid med utvikling av og forsøk med nye dokumentasjons- og vurderingsformer og alternative vurderingsuttrykk
utvikla støttemateriell for lokalt vurderingsarbeid inklusive karakter- og læringsstøttande prøver
gjennomført analysar av læringsresultat på systemnivå inklusive utarbeiding av statistikkar
Resultatmål for 2005
Departementet vil:
utarbeide sentrale prøver/sentralt prøvemateriell med vurderingsrettleiingar og skolere fagnemnder
gjennomføre sentral sensur og klagebehandling og skolere sensorar
gjennomføre informasjonstiltak overfor statens utdanningskontor, kommunar og fylkeskommunar
gjennomføre arbeid med utvikling av og forsøk med nye dokumentasjons- og vurderingsformer og alternative vurderingsuttrykk
utvikle støttemateriell for lokalt vurderingsarbeid inklusive karakter- og læringsstøttande prøver
gjennomføre analysar av læringsresultat på systemnivå inklusive utarbeiding av statistikkar
Budsjettforslag for 2005
Prøveavgifta for privatistar som melder opp seg til eksamen, og kandidatar som melder seg opp til fag- og/eller sveineprøve etter opplæringslova § 3-5, blir foreslått ført vidare, jf. forslag til vedtak IV nr. 1.
Fordi dei fleste barn og unge i dag har eit anna forhold til medium og film enn tilfellet var i 1986, då Skolefilmutvalet vart oppretta, legg departementet ned Skolefilmutvalet frå 1. januar 2005. I samband med dette blir 1 mill. kroner overførte til kap. 226 Kvalitetsutvikling i grunnopplæringa. Ut over dette foreslår departementet at løyvinga blir ført vidare på same nivå som løyvinga til formålet var på i 2004.
Post 60 Tilskott til landslinjer
Målsetjing
Målsetjinga med tilskottsordninga er å sikre elevar eit nasjonalt tilbod i små og/eller kostbare kurs i vidaregåande opplæring. Det er Stortinget som har fastsett kva for kurs som har status som landslinjer.
I Budsjett-innst. S. nr. 12 (2003–2004) ber fleirtalet i kyrkje-, utdannings- og forskingskomiteen om ein gjennomgong av dei linjene som i dag har landslinjestatus, for å vurdere om ein del av dei tilboda som kom inn under ordninga i 1990-åra, bør få ein annan status, som eit fylkeskommunalt tilbod eller som eit (fylkeskommunalt) landsdekkjande tilbod.
Anleggsmaskinførarfaget, anleggsmaskinreparatørfaget, yrkessjåførfaget, flyfaget, flytekniske fag og avionikk er å rekne som kostbare fag. Romteknologifaget reknast både som eit kostbart kurs og eit lite kurs.
Etter PEDLEX Norsk Skoleinformasjon er det seks skolar i landet som tilbyr økologisk landbruk på VKI, og fem skolar som tilbyr økologisk landbruk på VKI, inklusive den skolen som har landslinjestatus.
Elevar som ønskjer musikkopplæring i vidaregåande opplæring, kan få dette ved 53 skolar på grunnkurs, ved 44 skolar på VKI og ved 44 skolar på VKII, alle tal er inklusive dei to skolane som har landslinjestatus.
Idrettsfag kan elevar i vidaregåande opplæring få på grunnkurs ved 85 skoler, på VKI ved 81 skoler og på VKII ved 78 skoler, inklusive dei fem skolane som har landslinjetilbod innanfor idrettsfag med fordjuping i ei rekke skiidrettar. Det er òg to skolar med landslinjetilbod innanfor allmenne, økonomiske og administrative fag med fordjuping innanfor langrenn, alpint og snowboard. Etter det departementet erfarer, kan elevane drive spesialisering innanfor fleire idrettar ved mange skolar.
Rapport for skoleåret 2003–04
I skoleåret 2003–04 var kapasiteten 1 423 heilårselevplassar, og våren 2004 gjekk 1 159 elevar ved landslinjene. Av desse kom 593 elevar frå vertsfylkeskommunen og 566 elevar frå andre fylkeskommunar. Kapasitetsutnyttinga samla for alle landslinjene var på om lag 81 pst.
Budsjettforslag for 2005
Departementet foreslår at løyvinga blir redusert med 41,5 mill. kroner av omsyn til den samla budsjettsituasjonen. Den reduserte løyvinga i 2005 vil føre til følgjande endringar for tilbod innanfor landslinjeordninga:
Dei skolane som i skoleåret 2004–05 har landslinjestatus med fordjuping innanfor forskjellige skiidrettar, innanfor økologisk landbruk og innanfor folkemusikk, vil frå skoleåret 2005–06 ikkje lenger har landslinjestatus.
Ekstraløyvinga på 1,6 mill. kroner til Sogn jord- og hagebruksskole fell bort frå 2005.
Halvårig kurs innanfor yrkessjåførfaget har ikkje landslinjestatus frå 2005. Dette fordi hovuddelen av elevane som utløyser tilskott innanfor yrkessjåførfaget, går på dette kurset, og eit av inntakskrava er at eleven er 21 år eller eldre. Det vil seie at dei som går på dette kurset ikkje er elevar med rett til vidaregåande opplæring.
For å unngå å kutte tilboda midt i skoleåret vil utstyrsmidlane bli redusert eller falle bort i 2005.
Sjølv om dei nemnde linjene ikkje lenger får eit øyremerkt tilskott til drifta, har likevel fylkeskommunane ansvar for elevane i vidaregåande opplæring. Departementet viser til det samarbeidet fylkeskommunane har om landsdekkjande linjer. Dette er kurs som det ikkje er grunnlag for å ha i meir enn eitt eller nokre få fylke. Fylkeskommunane har vorte samde om at søkjarar frå heile landet skal stillast likt ved inntak til slike kurs. Dette samarbeidet er svært positivt, og departementet viser óg til at fylkeskommunane er pålagde ansvaret for å dimensjonere tilbodet i vidaregåande opplæring i tråd med søkjarane sine ønske og behova i samfunnet. Departementet ser at det er utfordringar knytte til informasjon om tilbod samt elevanes moglegheit til å ta vidaregåande opplæring utanfor det fylket dei bur i. I St.meld. nr. 30 (2003–2004) Kultur for læring varslar departementet at ein vil vurdere å fremje eit lovforslag om friare val av skole.
Post 63 Tilskott til samisk i grunnopplæringa, kan overførast
Målet med tilskottsordninga er å styrkje den økonomiske evna i kommunane til å medverke ved finansieringa slik at det blir gitt opplæring i og på samisk, i samsvar med dei rettane som går fram av § 6-2 og 6-3 i opplæringslova. Tilskottet går òg til å styrkje kompetansen til lærarane i samisk språk og kultur.
I skoleåret 2003–04 fekk om lag 2 800 elevar i grunnskolen opplæring i samisk, noko som er ein auke på sju pst. frå skoleåret 2002–03. Tal på studieheimlar har vore på om lag same nivå i dei siste åra. Våren 2004 fekk totalt 279 elevar opplæring i samisk i vidaregåande opplæring, mot 232 våren 2003 (kjelde: GSI). Dei fleste av desse fekk opplæringa i fylkeskommunale skolar.
Budsjettforslaget for 2005 dekkjer tilskott for budsjettåret 2005. Det er lagt til grunn ein timesats på kr 274 i grunnskolen og kr 327 i vidaregåande opplæring.
Departementet foreslår at løyvinga blir ført vidare på same nivå som i 2004.
Post 64 Tilskott til opplæring for språklege minoritetar i grunnskolen
Ordninga omfattar tilskott til tre tiltak:
særskild norskopplæring
morsmålsopplæring og tospråkleg fagopplæring
opplæring for barn i statlege asylmottak
Målet med tilskottsordninga er å medverke med finansiering slik at det blir gitt særskild norskopplæring, tospråkleg fagopplæring og morsmålsopplæring i grunnskolen i samsvar med opplæringslova § 2-8 og lov om frittståande skolar § 3-5. Målet med tilskottet til opplæring av barn i statlege asylmottak er å medverke til finansiering slik at desse barna kan få starte på skolen så snart som mogleg etter at dei er komne til landet. Tilskottet gjeld all grunnskoleopplæring for desse barna, også særskild norskopplæring og morsmålsopplæring for språklege minoritetar.
I skoleåret 2003–04 fekk om lag 37 400 elevar særskild norskopplæring, og om lag 19 700 elevar fekk morsmålsopplæring og/eller tospråkleg fagopplæring. Dette betyr ein liten auke i elevtalet for språkalternativa frå skoleåret 2002–03. Talet på barn i statlege asylmottak varierer mykje frå år til år og frå månad til månad, avhengig av talet på flyktningar.
Statskonsult har på oppdrag frå departementet evaluert tilskottsordninga for å vurdere korleis effekten av endringane som vart innførte skoleåret 2001–02, har vore. Evalueringa viser mellom anna at endringane har ført til at søknads- og rapporteringsprosessane har vorte enklare, ordninga er meir oversiktelig, og kommunane sitt rom for handling har auka. Statskonsult foreslår i evalueringa forbetringar/endringar i tilskottsordninga. Departementet vil på bakgrunn av dette setje i verk ei vurdering av tilskottsordninga.
Budsjettforslaget for 2005 dekkjer tilskott for skoleåret 2004–05. Timesatsen for tilskott til særskild norskopplæring og morsmålsopplæring for språklege minoritetar er for skoleåret 2004–05 kr 259. Tilskottet som blir gitt til opplæring av barn i statlege asylmottak, er for skoleåret 2004–05 kr 57 467 per barn.
Post 65 Tilskott til opplæring for språklege minoritetar i vidaregåande opplæring
Målsetjinga med tilskottsordninga er å medverke til at det blir gitt ekstra språkopplæring til språklege minoritetar i vidaregåande opplæring.
5 973 minoritetsspråklige elevar og lærlingar løyste våren 2004 ut tilskott, noko som er ein auke på 10 pst. frå våren 2003.
Departementet har våren 2004 evaluert tilskottsordninga. Evalueringa konkluderer med at ordninga er i samsvar med Stortinget sin intensjon med løyvinga, samt at ordninga er eit godt verkemiddel for å stimulere skoleeigar til å gi ekstra språkopplæring for målgruppa.
Departementet foreslår at løyvinga blir ført vidare på same nivå som i 2004.
Post 66 Tilskott til leirskoleopplæring
Målet med tilskottet er å stimulere kommunane til å gi alle elevar eit leirskoleopphald i løpet av skoletida.
Tal frå Grunnskolens informasjonssystem (GSI) viser at i alt 62 549 elevar planla å reise på leirskole i skoleåret 2003–04 . Dette utgjer om lag 10 pst. av alle elevar i grunnskolen, noko som tyder på at dei aller fleste elevane i grunnskolen får tilbod om eit leirskoleopphald i løpet av dei ti åra grunnskolen varer.
Da Stortinget behandla statsbudsjettet for 2004, vart det vedteke å innlemme den delen av tilskottet som gjekk til leirskoleopphald, i rammetilskottet til kommunane frå 1. januar 2004. Midlane er overførte til kap. 571 post 60 på budsjettet til Kommunal- og regionaldepartementet.
Departementet foreslår at løyvinga blir ført vidare på same nivå som i 2004.
Post 67 Tilskott til opplæring i finsk
Målet med tilskottet er å medverke til finansiering slik at det blir gitt opplæring i finsk i samsvar med dei rettane som går fram av § 2-7 i opplæringslova, og å medverke til å styrkje lærarane sin kompetanse i finsk. Formålet med tilskottet er òg å medverke til finansiering slik at det blir gitt ekstra opplæring i finsk for kvener i vidaregåande opplæring.
I skoleåret 2003–04 fekk om lag 1 000 elevar i grunnskolen opplæring i finsk, noko som er på same nivå som i skoleåret 2002–03. Det er gitt to studieheimlar for å studere finsk i 2004.
I vidaregåande opplæring vart det våren 2004 gitt opplæring i finsk til 31 elevar, noko som er på same nivå som våren 2003.
Budsjettforslaget for grunnskolen dekkjer tilskott for skoleåret 2004–05, medan for vidaregåande opplæring dekkjer tilskottet for budsjettåret 2005. Det er lagt til grunn ein timesats på kr 274 i grunnskolen og kr 327 i vidaregåande opplæring.
Departementet foreslår at løyvinga blir ført vidare på same nivå som i 2004.
Post 68 Tilskott til opplæring kriminalomsorga
Målsetjing
Målet med tilskottsordninga er å gi undervisning på grunnskolenivå til innsette og frigitte som ikkje har fullført grunnskolen, og vidaregåande opplæring til dei som har rett til og ønskjer det. På grunn av at mange har kort soningstid, eller sit i varetekt, er formalkompetansegivande kurs i høve til læreplanar ofte ikkje eit reelt tilbod. For å motivere flest mogleg til å ta opplæring, og for at slike fangegrupper skal ha eit reelt opplæringstilbod, er det også eit mål å gi kurs som ikkje er formelt kompetansegivande.
Rapport for 2003
Det er etablert fleire elevplassar dei siste åra, frå 810 i 1996 til 943 i 2003. Over 4000 personar tok del i ei eller anna form for opplæring i løpet av året. Det blir gitt opplæring i 34 av 42 anstaltar i Noreg, og det er etablert oppfølgingsklassar ti stader i landet. Fleire skolar har gjort gode erfaringar med nye tilbod i musikk, drama og formgivingsfag. Hovudtyngda av elevane (72,9 pst.) er i alderen 23–40 år. Fleire elevar enn før tek ei eller anna form for eksamen (545 i 2003 mot 464 året før), og nesten 1 300 har gjennomført ikkje-kompetansegivande kurs.
Ei omfattande forskingsbasert evaluering av fengselsundervisninga vart avslutta hausten 2003. Evalueringsrapportane viser samla at fengselsundervisninga blir sett på som positiv av dei innsette, og det er stor semje om at dei har utbytte av opplæringa. Evalueringa peikar likevel på mange tiltak som bør følgjast opp for å utvikle og forbetre fengselsundervisninga:
Med utgangspunkt i den forskingsbaserte evalueringa tek Regjeringa sikte på å leggje fram ei stortingsmelding om fengselsundervisninga.
På oppdrag frå Nordisk Råd og Nordisk Ministerråd leverte Fylkesmannen i Hordaland hausten 2003 ein rapport til Nordisk Ministerråd om fengselsundervisninga i eit nordisk perspektiv. Rapporten gir eit kort, overordna og oppdatert samanliknande oversyn av fengselsundervisninga i Danmark, Finland, Noreg og Sverige. I tillegg er det også eit kortfatta oversyn over situasjonen på Island, Grønland, Færøyane og Åland. Rapporten har mange av dei same tilrådingane som den norske forskingsbaserte evalueringa. Den nordiske kartlegginga viser at eit godt samarbeid mellom kriminalomsorga og dei ulike styresmaktene er ein viktig føresetnad for å komme i møte dei innsette sine behov for opplæring.
Budsjettforslag for 2005
Departementet foreslår at løyvinga blir ført vidare på same nivå som i 2004.
Post 69 Kompensasjon for investeringskostnader ved grunnskolereforma
Tilskottet skal kompensere for meirutgifter kommunane hadde til investeringar i skolebygg i samband med skolestart for seksåringane. Den samla investeringsramma er på 5 182,9 mill. kroner.
Med utgangspunkt i investeringsramma blir det rekna ut ein årleg kompensasjon til kommunane. Denne dekkjer dei årlege utgiftene til nedbetaling av eit lån på same storleik som investeringsramma. Investeringskompensasjonen for 2005 er basert på ei rente på 2,62 pst. I tråd med tidlegare praksis er den effektive renta på 9–12 månaders statskassevekslar per 1. juli 2004, tillagd ein margin på 0,5 prosentpoeng, lagd til grunn.
Løyvingsforslaget for 2005 er noko redusert av på grunn av lågare rente og attståande lånebeløp.
Post 70 Tilskott til bedrifter som tek inn lærlingar med særskilde behov
Formålet med tilskottsordninga er å stimulere lærebedrifter til å ta inn lærlingar med behov for særskilt tilrettelagd opplæring. Tilskottet kompenserer bedrifter for ekstra arbeid og utgifter dei har i samband med tilrettelegging for desse lærlingane. Tilskottsforma gjeld berre lærlingar og ikkje lærekandidatar. Lærekandidatar har etter opplæringslova §4-2 rett til spesialundervisning i samsvar med kapittel 5 i opplæringslova.
Det er i 2003 registrert 93 søknader om ekstraordinært tilskott frå bedrifter som har lærlingar med særskilte behov for tilrettelagd opplæring. Det ble gitt løyving til 87 bedrifter. Til saman vart det utbetalt 6,9 mill. kroner i 2003.
Departementet foreslår at løyvinga blir ført vidare på same nivå som i 2004.
Post 71 Tilskott til utvikling av musikk- og kulturskolane
Målet med tilskottet er å medverke til å utvikle musikk- og kulturskoletilbodet i kommunane ved å stimulere til aktivitet og utvikling av gode modellar for innhald, organisering og samarbeid lokalt.
I 2003 er det gitt tilskott til prosjektet «Positivt skolemiljø» i seks fylke. Prosjektet vart gjennomført i regi av Norsk kulturskoleråd. Midlane har også gått til andre prosjekt, mellom anna lokale og regionale utviklingstiltak, informasjonsarbeid, leiing og kvalitetsutvikling, etterutdanning og utviklingsarbeid, samt norsk musikkskoleorkester.
Departementet foreslår at løyvinga blir ført vidare på same nivå som i 2004.
Post 72 Tilskott til internasjonale utdanningsprogram
Etter EØS-avtalen tek Noreg del i alle EU-program og aktivitetar på området utdanning og opplæring, mellom anna:
Sokrates, jf. kap. 281 post 73.
Leonardo da Vinci – EU sitt handlingsprogram for yrkes- og profesjonsutdanning på alle nivå.
Europass, som er eit EU-initiativ tilknytt grunnleggjande yrkes- og profesjonsutdanning og har som mål å fremme mobilitet innanfor yrkesopplæring mellom land i Europa. Europass er eit dokument som gir informasjon om dei delane av ei utdanning som er gjennomført i eit anna land, i hovudsak i bedrift, men også på skole eller i ein utdanningsinstitusjon, og som gir dokumentasjon av praksis i utlandet som del av yrkesutdanninga.
Aktivitetar som er underlagde Cedefop, EU sitt utviklings- og informasjonssenter for yrkesopplæring, som har som målsetjing mellom anna å auke dugleiken og kompetansen innanfor grunnleggjande yrkes- og profesjonsopplæring på alle nivå og auke kvaliteten på og tilgangen til etter- og vidareutdanning. Fleire pilotprosjekt har som mål å betre kvaliteten på opplæringa gjennom utvikling av nyskapande og innovative opplæringsprodukt og metodar innanfor ein bransje, eit fagområde eller ei yrkesgruppe.
Målsetjing
Målsetjinga for alle aktivitetane er å styrkje den internasjonale orienteringa i fagmiljø som gir yrkes- og profesjonsutdanning, stimulere til meir utplassering, mobilitet og utveksling av lærlingar og unge arbeidstakarar med fleire, betre kvaliteten i opphalda og syte for god dokumentasjon av ny kunnskap knytt til programma og aktivitetane.
Rapport for 2003–04
Den norske deltakinga i Leonardo da Vinci har vore god i 2004. Ho har stimulert til internasjonal aktivitet mellom eit breitt spekter av yrkesopplæringsmiljø og til betre kunnskap i framandspråk. I 2003–04 fekk ni prosjekt med norsk koordinator om lag 27,5 mill. kroner i støtte under Leonardo da Vinci-programmet. Noreg tek òg del i prosjekta til andre land. I same perioden mottok Noreg i tillegg om lag 17,6 mill. kroner frå EU-kommisjonen til utplasserings- og utvekslingsprosjekt. I alt 1 260 personar (unge som tek grunnleggjande utdanning, unge arbeidstakarar, instruktørar, planleggjarar og administratorar) fekk støtte til opphald frå ei veke til tolv månader. Sidan Noreg vart med i Europass 1. januar 2001, er det skrive ut totalt 983 Europass, av desse 278 i 2003 og 126 fram til 15. mai 2004. Noreg har delteke i Cedefop-arbeidet sidan 1996.
Budsjettforslag for 2005
Den økonomiske ramma for programma blir vedteke av dei styrande organa i EU. På grunn av svekka kronekurs er løyvingsforslaget for 2005 noko høgare enn i 2004.
Post 73 Tilskott til studieopphald i utlandet
Målsetjinga med tilskottet er å leggje til rette for at norsk ungdom kan få skolegang og studieopphald i utlandet. Dette skal gi dei betre kunnskapar om kultur og språk i andre land, og auka forståing for deira eigen og andres identitet. Ordninga blir administrert av utdanningsavdelinga til Fylkesmannen i Vest-Agder og omfattar:
United World Colleges (UWC)
franske lycé: eitt- og treårig tilbod, samt toårige franske hotellfagskolar
Trollmidlar: legg til rette for korte studieopphald i Frankrike
tyske stipend
Av 68 elevar som søkte om opptak på UWC-skolar, fekk 36 plass. Det var 78 søkjarar til franske lycéer (treårig tilbod). Av desse fekk 8 gutar og 14 jenter plass. Det vart gjeve i underkant av 2,2 mill. kroner i Trollmidlar til dei fire ulike stipendkategoriane. 75 av 130 søkjarar fekk stipend.
Departementet foreslår at løyvinga blir ført vidare på same nivå som i 2004.
Post 74 Tilskott til organisasjonar
Målsetjinga med tilskottsordninga er å fremme tiltak i regi av offentlege og frivillige organisasjonar som på ulike måtar medverkar til kvalitetsutvikling og betre læringsmiljø i opplæringa, i tråd med strategiar og tiltak slik desse er formulerte i programkategorien og i kap. 226.
I 2004 er det gitt tilskott til Norsk kulturskoleråd, Det norske hageselskap, Landslaget for udelte og fådelte skolar (LUFS), Noregs Mållag, Kristent pedagogisk forbund, Dissimilis, Rådet for folkemusikk og folkedans, Den norske bibelbussen, Stiftelsen Arkivet, International Baccalaureat (IB), diverse konkurransar innanfor realfag, Norsk handverksutvikling og stipendiatordning ved Norsk handverksutvikling, samt Det Kgl. Selskap for Noregs vel.
Departementet har vore i kontakt med Stiftelsen Arkivet når det gjeld moglegheitene for å leggje løyvinga til Arkivet under Høgskolen i Agder. Etter nærmare vurdering har departementet ikkje gått vidare med saka.
Departementet foreslår at løyvinga blir ført vidare på same nivå som i 2004.
Kap. 3225 Tiltak i grunnopplæringa (jf. kap. 225)
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2003 | Saldert budsjett 2004 | Forslag 2005 |
04 | Refusjon av ODA-godkjende utgifter | 52 038 | ||
Sum kap. 3225 | 52 038 |
Løyvinga på kap. 3225 post 04 er overført frå kap. 3221 post 04.
Visse innanlandske utgifter til flyktningar kan i høve til statistikkdirektiva til OECD bli definerte som offentleg utviklingshjelp. Ein legg til grunn at ein del av løyvinga på kap. 225 post 64 blir innrapportert som utviklingshjelp. Tilsvarande beløp blir foreslått løyvd på kap. 3225 post 04.
Kap. 226 Kvalitetsutvikling i grunnopplæringa
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2003 | Saldert budsjett 2004 | Forslag 2005 |
21 | Særskilde driftsutgifter , kan overførast | 381 231 | 430 934 | 729 690 |
Sum kap. 226 | 381 231 | 430 934 | 729 690 |
I høve til 2004 er det gjort følgjande tekniske endring:
Post 21 er nedjustert med 13,9 mill. kroner mot ein tilsvarande oppjustering av løyvinga på kap. 220 post 01 i samband med omorganiseringa av den statlege utdanningsadministrasjonen.
Post 21 er auka med 1 mill. kroner i samband med overføring av midlar frå kap. 224 post 01.
Post 21 er redusert med kr 760 000 i samband med overføring av midlar til kap. 200 post 01.
Resultatrapport for 2003–04
Utvikling av læreplanar
I perioden 2003–04 er det revidert læreplanar for vidaregåande opplæring. Desse er i hovudsak knytte til opplæring i bedrift på yrkesfagleg studieretning.
Kompetanseutvikling og utviklingsarbeid
Den store satsinga på kvalitetsutvikling i grunnskolen 2000–03 er avslutta, det same er Differensieringsprosjektet i vidaregåande opplæring. For å dra nytte av dei gode erfaringane frå desse prosjekta og utvikle dei vidare vart det i 2004 tildelt 100 mill. kroner til kommunar og fylkeskommunar. Skoleeigarane har ført vidare det arbeidet som var skissert i lokale handlingsplanar.
Ordninga med demonstrasjonsskolar og demonstrasjonsbedrifter er ført vidare. Våren 2004 vart det peikt ut ti nye demonstrasjonsskolar og sju nye bedrifter for to år. I tillegg vart ti av demonstrasjonsskolane for perioden 2002–04 vidareførte for eitt år. Ordninga med bonusskolar er ikkje ført vidare.
For andre år på rad er det i 2004 delt ut Skoleeigarpris i samarbeid med Kommunenes Sentralforbund. Skoleeigarprisen for 2004 vart tildelt Klepp kommune, med Østre Toten kommune på andreplass og Nord-Trøndelag fylkeskommune som nummer tre.
For å betre læringsutbyttet og deltakinga av språklege minoritetar i skolen, vart strategiplanen «Likeverdig utdanning i praksis!» lagt fram i desember 2003. Det har vore gjennomført lovendringar i opplæringslova § 2-8, som regulerer den særskilde språkopplæringa for desse elevane. Endringane trådde i kraft 1. september 2004. Nasjonalt senter for fleirkulturell opplæring (NAFO) ved Høgskolen i Oslo er etablert. Arbeidet er i gang for å nå dei fem hovudmåla i planen. Det er mellom anna utvikla ein nettbasert samling med gode døme som viser god tilpassa opplæring for elevar frå språklege minoritetar. Vidare er det utarbeidd eit hefte om rettar og plikter i grunnskolen på 13 språk. Heftet blir delt ut til alle foreldre med barn i den offentlege grunnskolen.
Handlingsplan for utvikling og produksjon av læremidlar for elevar frå språklege minoritetar i grunnskole, vidaregåande opplæring og vaksenopplæring for perioden 2004–06 er ferdigstilt og vil bli følgd opp. Arbeidet med å evaluere faget norsk som andrespråk er starta opp og skal sluttførast innan januar 2005. Det er delt ut stipend til 120 minoritetsspråklege lærarar gjennom ei stipendordning knytt til strategien. Ordninga er eit tilbod til minoritetsspråklege lærarar som arbeider i skolen, men manglar formell kompetanse. Utlysinga av stipenda fekk 410 søkjarar.
Publikasjonen «Ungdom, film og kjønn: håndbok for lærere om likestilling» er send ut til grunnskolar og vidaregåande opplæringsinstitusjonar i heile landet. Med utgangspunkt i filmklipp gir handboka praktiske reiskapar til lærarar som ønskjer å problematisere i undervisninga tema som kjønnsroller, utdannings- og yrkesval, vennskap, kropp, seksualitet, makt, vald og trakassering.
Strategien «Se mulighetene og gjør noe med dem!» for entreprenørskap i utdanninga vart lansert våren 2004. Strategien omfattar tiltak for å styrkje entreprenørskap i heile utdanninga, frå grunnskolen til høgre utdanning. Strategien er utvikla i samarbeid med Nærings- og handelsdepartementet og Kommunal- og regionaldepartementet.
Tiltaksplanen «Gi rom for lesing!» legg vekt på at alle skolar bør ha ein strategi for leseopplæring og lesing på alle årstrinn. Innan fem år skal dette arbeidet ha ført til målbar forbetring av lesedugleiken hos elevane. Utdanningsdirektoratet har i samarbeid med Foreldreutvalet for grunnskolen og Senter for leseopplæring og leseforsking i Stavanger utarbeidd eit hefte til foreldre med barn på første og andre årstrinn. Utdanningsdirektoratet har utvikla eit hefte om lesing til alle elevar på sjette og sjuande årstrinn. Kommunane formidlar hefta til skolane ved skolestart. I mars 2004 vart det sendt eit hefte til alle lærarar med informasjon om tiltaksplanen.
Departementet har følgt opp og vidareutvikla strategien «Realfag, naturligvis» strategi for styrking av realfaga 2002–07. Strategien omfattar mellom anna auka omfang av matematikkundervisninga og stipendordningar til lærarar for å ta vidareutdanning. Det er tildelt midlar til nasjonalt senter for matematikk og nasjonalt senter for naturfag for utvikling av arbeidsmåtar og forbetra kunnskapsgrunnlag om val av realfag. Som ledd i realfagsstrategien har departementet også gitt støtte til realfagskonkurransar og utvikling av vitensenter.
Kvalitetsutvikling på det samiske området er i all hovudsak teke vare på av Sametinget. Det har vore gjennomført ei brei satsing på IKT og fjernundervisning på det samiske området.
Dokumentasjon og analyse som grunnlag for resultat- og kvalitetsvurdering
Det har vore gjennomført forsking og evalueringar knytte til sentrale innsatsområde. Mellom anna er ei større, forskingsbasert evaluering av den statlege innsatsen for kvalitetsutvikling i grunnskolen sluttført, jamfør kategoriomtala. Tilstandsrapport frå Læringssenteret for utdanningssektoren 2003 peikar på at sentrale satsingar av denne typen er viktige for å styrkje det kommunale utviklingsarbeidet.
Det nye nasjonale kvalitetsvurderingssystemet vart sett i verk i 2004.
Våren 2004 vart dei første nasjonale prøvene gjennomførte. Sentrale fagmiljø sto for utarbeidinga av dei nasjonale prøvene. I tida mellom 29. mars og 5. mai vart det halde seks prøver, fire på 10. trinn (lesing, matematikk og engelsk skriving og lesing) og to på 4. trinn (lesing og matematikk). Om lag 55 000 elevar deltok på kvar prøve. Det var 1 217 skolar med elever på 10. trinn og 2 677 skolar på 4. trinn som fekk tilsendt prøver, lærarrettleiingar og informasjon om gjennomføringa. Dei aller fleste skolane gjennomførte prøvene på den vedtekne datoen. Nokre hadde søkt om utsetting pga. planlagde skoleturar og liknande, og elevar som var fråverande på prøvedagen, fekk ta prøven i ettertid. I tillegg til lærarane si vurdering av deira eigne elever er om lag ti pst. av svara på prøvene vurderte eksternt av ekspertvurderarar. Prøva i engelsk lesing var elektronisk basert, og gjennomføringa av denne prøva gjekk over all forventning. Prøva var planlagd avlagd over to veker, men på grunn av nettlesarproblem på nokre skolar vart prøvetida utvida med ei ekstra veke, og da fikk dei aller fleste avlagt prøva. Det har vore oppnemnt 280 ekspertvurderarar som har fått skolering av fagmiljøa, og som sjølve vidare har halde kurs for til saman om lag 16 000 lærarar. Alt dette har skjedd i løpet av fire månader.
Det er lagt stor vekt på informasjon om dei nasjonale prøvene. Alle informasjonsbrev som er sende ut, er lagde på Læringssenteret si heimeside på Internett. Her blir det og lagt ut informasjon frå fagmiljøa og eksempeloppgåver. I tillegg til Læringssenteret si nettside har fagmiljøa i matematikk og engelsk hatt eigne informasjonssider for dei nasjonale prøvene. Frå i haust er alle fagmiljøa blitt bedne om å opprette sine eigne sider for faginformasjon. Tilbakemeldingane til Læringssenteret om informasjonen varierer i stor grad. Nokre skolar melder at dei har fått all nødvendig informasjon, mens andre meiner at dei nærmast ikkje har fått nokon informasjon. Informasjonen rundt prøvene har openbert ikkje nådd godt nok fram til sektoren, og uvisse rundt prøvene og særleg skepsis til offentleggjering av resultata har ført til negative reaksjonar og skepsis i enkelte krinsar.
Som ein sentral del av det nasjonale kvalitetsvurderingssystemet vart nettportalen Skoleporten.no opna 23. august 2004. Skoleporten.no er eit informasjonssystem som omfattar alle grunnskolar og vidaregåande skolar i Noreg. Målgrupper for skoleporten.no er myndigheiter, elevar, lærlingar, føresette og allmenta. Nettstaden inneheld kvalitetssikra indikatorar på ressursar, læringsutbytte, læringsmiljø og gjennomføring. Den inneheld òg ein støtte- og rettleiingsdel knytt til dei enkelte indikatorane, samt utgreiingar, rapportar og eksempel på god praksis i organisering og gjennomføring av opplæringa. Indikatorane på ressurssida er i hovudsak baserte på data frå GSI, VIGO, STS, KOSTRA og NUDB.
Datagrunnlaget på læringsutbytte er karakterar frå avgangsprøvene i grunnskolen og eksamen frå vidaregåande opplæring i faga norsk, engelsk og matematikk. I tillegg finst det resultat frå kartleggingsprøvene i lesedugleik på 2. og 7. trinn i grunnskolen og resultat frå dei ordinære fag- og sveineprøvene.
Dei nasjonale prøvene i lesing, skriving, matematikk og engelsk som vart gjennomførte våren 2004, er ferdigvurderte, og tilbakemelding er gitt frå skolane til elevane. Tilbakemeldinga til elevane er gitt i form av «profilar» som skal beskrive korleis dei meistrar ulike delar av eit fag, til dømes evne til å uttrykke seg og evne til å forstå engelsk. «Profilane» skal følgje elevane i den vidare skolegangen og nyttast som underlag for ei meir individuelt tilpassa opplæring. «Profilane» som blir registrerte på den einskilde eleven, vil bli handsama i tråd med dei krava som gjeld i personopplysningslova, jf. omtale av publiseringsreglane i kategori 07.20. Publiseringa av resultata frå dei nasjonale prøvene blir vurderte i departementet.
Læringsmiljøet vert kartlagt gjennom den nettbaserte brukarundersøkinga Elevinspektørane, der elevar vurderer sin eigen opplæringssituasjon. I samband med etableringa av skoleporten.no og nasjonalt kvalitetsvurderingssystem vart gjennomføring av Elevinspektørane forskriftsfesta for elevar på 7. klassetrinn, 10. klassetrinn og på grunnkurs i vidaregåande opplæring. Per 1. juli 2004 hadde 86 pst. av skolane gjennomført undersøkinga. Ein analyse av resultata frå undersøkinga vil bli lagt fram i Tilstandsrapport for utdanningssektoren 2004. Data i skoleporten.no blir publisert både på nasjonalt nivå og på skole- og skoleeigarnivå. Grensa for publisering på skoleporten.no er underlagd strenge reglar om personvern. I tråd med dei krava som gjeld i personopplysningslova, kan opplysningar ikkje knytast til bestemte elevar. Alle opplysningane i skoleporten.no vil vere gjennomsnittstal, og ingen data kan publiserast dersom talet er basert på færre enn ti elevar. Jf. også omtale i kategori 07.20. Det vil derfor vere ei rekkje små skolar som ikkje får sine resultat publiserte. Der er òg ein del av ressursindikatorane, særleg i vidaregåande opplæring, som ikkje blir publiserte på skolenivå fordi datakvaliteten ikkje er god nok
Lærings- og oppvekstmiljø
Arbeid knytt til å skape eit godt læringsmiljø og å førebyggje mobbing, vald, rasisme og anna problemåtferd er ført vidare i 2003. Tilstandsrapporten frå Læringssenteret for utdanningssektoren for 2003 syner eit stort tal prosjekt og tiltak på nasjonalt og lokalt nivå innanfor området lærings- og oppvekstmiljø som det er ei stor utfordring å koordinere og dokumentere effekten av. Av ulike prosjekt og tiltak som er vidareførte i 2003, er arbeidet for nulltoleranse mot mobbing i skolane, verdiprosjekta og arbeid mot rasisme og diskriminering, mellom anna utdelinga av Benjamin-prisen. I tillegg er det utarbeidd ei rettleiing for å hjelpe skolane i deira arbeid med verdiar i skolen.
Elevinspektørane, den nettbaserte spørjeundersøkinga for elevar på ungdomstrinnet og i vidaregåande opplæring, er eit viktig verktøy for systematisk datainnsamling om elevane si vurdering av læringsmiljøet. Analysar av undersøkinga viser at elevane trivst godt på skolen, men at det er utfordringar knytte til skolen si evne til å motivere elevane og skolen sitt arbeid for å oppnå elevmedverknad i opplæringa.
Opplæringslova § 9a om elevane sitt skolemiljø trådde i kraft 1. april 2003. Lova og forskriftene regulerer større grad av brukarmedverknad og klarere høve til å klage. Skolen får tydelegare plikter, særlig når det gjeld oppfølging av det psykososiale miljøet. Tilstandsrapport frå Læringssenteret for utdanningssektoren 2003 syner at 281 av 414 kommunar og 14 av 19 fylkeskommunar har innført rapporteringssystem for å dokumentere forhold ved det fysiske og det psykososiale læringsmiljøet. Det viser at fleire skoleeigarar arbeider systematisk med oppfølging og har tiltak og opplegg for å følgje opp krav i lova, men det er framleis manglande rapporteringssystem i fleire kommunar og fylkeskommunar. Fylkesmannsembeta meiner også at etablerte rapporteringssystem og rutinar har forbetringspotensiale mellom anna peikar dei på at det er viktig å sikre tilstrekkeleg grad av medverknad både frå elevar og foreldre.
Prosjektet «Fysisk aktivitet og måltider i skolen» vart sett i verk vinteren 2004. Dette er eit samarbeid med Helse- og omsorgsdepartementet, og det er løyvd 3 mill. kroner frå kvart departement i 2004. I overkant av 100 skolar har fått støtte til prosjekt som startar skoleåret 2004–05.
Når det gjeld samarbeid mellom heim og skole, viser Læringssenteret sin tilstandsrapport for 2003 at foreldra etterlyser eit meir formalisert samarbeid i vidaregåande opplæring. Dei opplever eit brott i praksis for samarbeid når elevane sluttar i ungdomsskolen og byrjar i vidaregåande.
Departementet har følgt opp arbeidet med Den kulturelle skolesekken, og har i tillegg eit bredt samarbeid med andre departement om utvikling og iverksetting av tiltak i ulike handlings- og strategiplanar.
Foreldreutval for grunnskolen har gjennomført prosjekta «Elektronisk foreldreNETTverk» og «Minoritetsspråklege foreldre – ein ressurs for elevane si læring».
Gjennom den rentefrie låneordninga for kommunane til opprusting av skoleanlegga er det sett i verk 845 prosjekt for å utbetre dei fysiske arbeidsforholda. Det er framleis eit stort behov for låneordninga; undersøkingar viser at det er til dels store manglar i mange skolar når det gjeld formelle bygningsmessige krav. Ei undersøking frå NILU viser til dømes at 35 pst. av klasseromma har ein problematisk luftkvalitet, og sju pst. har uakseptabel luftkvalitet.
Internasjonalt arbeid
Det internasjonale samarbeidet innanfor EUs mobilitetsprogram Leonardo da Vinci og Sokrates har vore vidareført i tråd med anbefalingane i midtvegsevalueringa i 2003. Det har vore lagt vekt på å sjå vidareføringa av dette samarbeidet i samanheng med oppfølginga av St.meld .nr. 30 (2003–2004) Kultur for læring, og styrking av 2. framandspråk.
I 2003 vart det inngått ein bilateral avtale med Tyskland om samarbeid og utveksling (lærarar/instruktørar og lærlingar) innanfor fagopplæringa («Gjør Det»-programmet). I løpet av det første året har interessa for programmet auka. Innan 1. mai 2004 var det inngått åtte kontraktar, der 28 deltakarar reiste i 2003. Det er venta ei dobling av talet på deltakarar i 2004.
Kompetanseutvikling er eit viktig verkemiddel for å auke mobiliteten blant lærarar på ulike nivå. Departementet har følgt opp Samarbeidsregjeringa si europapolitiske plattform, mellom anna med nettinformasjon til lærarar om moglegheit for etter- og vidareutdanningstilbod.
Departementet har òg starta førebuing og internasjonalt samarbeid knytt til FN sitt tiår for utdanning for berekraftig utvikling. Det er starta opp arbeid med å styrkje den samfunnsfaglege profilen til undervisningsprogrammet Nettverk for miljølære. Det har òg vore arbeidd med å førebu ei internasjonal utgåve av programmet.
På oppdrag frå departementet har Læringssenteret følgt opp Europarådet sitt arbeid for å styrkje medborgarskap, menneskerettar og demokrati i og utanfor skolen. Læringssenteret har òg følgt opp det EU-initierte prosjektet «Year of Education through sports» (EYES 2004), der Norges Idrettsforbund og Olympiske komité er nasjonal operatør. Målet med prosjektet er å fremme forståing for kor viktig idrett og fysisk aktivitet er i utdanning og opplæring og kva plass dette bør ha i læreplanane, mellom anna knytt til utvikling av holdningar og verdiar, læringsevne, sosial inkludering og mobilitet.
Noreg tek del i «Mini Companies in Secondary education» – ei kvalitativ og kvantitativ undersøking av elevbedrifter i ungdomsskole og i vidaregåande opplæring. Prosjektet er eit EU-prosjekt som vart starta hausten 2003 og varer til og med 2004. Noreg har rapportert om tilstanden når det gjelder entreprenørskap og entreprenørskapsprosjekt i norske skolar.
Resultatmål for 2005
Utvikling av læreplanar
Forslaga til nye læreplanar for faga i grunnskolen og dei felles gjennomgåande faga for grunnskolen og vidaregåande opplæring er sende på brei høyring før fastsetjing. I løpet av hausten 2005 vil arbeidet med dei andre læreplanane for vidaregåande opplæring starte opp.
Nasjonalt system for kvalitetsvurdering som grunnlag for kvalitetsutvikling
Det første året skoleporten.no er i drift, vil vere eit pilotår der tilbakemeldingar frå brukarane blir viktig. Skoleporten.no vil såleis vere under stadig utvikling. Mellom anna vil det bli utvikla fleire indikatorar og aktuelt fagstoff knytt til fagopplæringa. Skoleporten.no skulle i utgangspunktet vere ein nettstad for elevar, lærlingar, lærarar, instruktørar, skoleeigarar og lærebedrifter. Under arbeidet med portalen vart det klart at omsynet til dei ulike målgruppene ikkje lét seg kombinere på ein god måte i ein og same portal. Utdanningsdirektoratet vil derfor hausten 2004 starte utviklinga av ein eigen inngang for fagopplæringa, men etter same mal som skoleporten.no. Det betyr at systemet vert bygd opp på same tekniske plattform, med dei same vurderingsområda og – så langt det er mogleg og tenleg – strukturert med same innhaldsmessige oppbygging (vising til lovverk, reglar og offentlig dokumentasjon, rettleiingsressursar og lokale/regionale eksempel). Informasjon om dette utviklingsprosjektet vil bli lagt ut på hovudsida i skoleporten.no.
Sjølv om alle data som vert publiserte i skoleporten.no har gjennomgått ei omfattande kvalitetssikring, vil det kunne vere enkelte feil og manglar i eit så omfattande materiale. Det vil derfor bli arbeidd med å betre kvaliteten på data. Noko av grunnlaget for dette arbeidet vil vere skolesektorens eigen bruk av skoleporten.no.
Frå våren 2005 vil det bli gjennomført nasjonale prøver i lesing, skriving, engelsk og matematikk for fjerde, sjuande og tiande klassetrinn i grunnskolen og grunnkurs i vidaregåande opplæring. I engelsk er prøven delt i to med ein skrivedel (elektroniske svar) og ein lesedel. Det skal ikkje vere ein nasjonal prøve i norskfaget, men ein prøve i grunnleggjande dugleik i lesing og skriving på eleven sitt hovudmål, bokmål eller nynorsk. Samiske elevar vil få prøvaene i lesing og skriving på samisk. Det blir ikkje gitt eigne prøver for elevar med norsk som andrespråk. Dei skal ha den same prøven i lesing og skriving som elevar med norsk som førstespråk.
Departementet vil i 2005 utnytte det omfattande materialet i skoleporten.no til forskingsformål.
Noreg vil halde fram med å delta i internasjonale komparative undersøkingar. Hausten 2004 vil resultata frå undersøkingane Programme for International Student Assessment (PISA) 2003 og Trends in Mathematics and Science Study (TIMSS) 2003 bli publiserte. I samarbeid med Noregs forskingsråd vil departementet vidareføre programmet Kunnskap, utdanning, læring (KUL).
Kompetanseutvikling og utviklingsarbeid
Det blir vist til kategoriomtalen under målet om styrkt kompetanse for lærarar og skoleleiarar for presentasjon av Strategi for kompetanseutvikling knytt til reforma. Det blir tilført kommunar, fylkeskommunar og eigarar av frittståande skolar om lag 300 mill. kroner for å styrke arbeidet med kompetanseutvikling knytt til innføringa av reforma. Fordi 2. framandspråk blir obligatorisk på ungdomssteget, vil det frå og med 2005 bli satsa særskilt på vidareutdanning i faget. Det vil også vere viktig å komme i gang med både etterutdanning og vidareutdanning i sentrale fag og tema i 2005, til dømes innanfor tilpassa opplæring, realfag, engelsk og norsk. Kompetanseutviklinga skal ta utgangspunkt i kartlegging av den einskilde skolen og lærebedrifta sitt kompetansebehov og Strategi for kompetanseutvikling.
Ein føresetnad for god kompetanseutvikling er eit omfattande samarbeid mellom fleire aktørar både sentralt og lokalt. Departementet vil bidra i eit større yrkesretta FoU-program der samarbeid mellom skoleeigar og lærarutdanningar er eit vilkår. Det blir foreslått ei løyving til dette programmet på til saman 23 mill. kroner på kap. 226 og kap. 274.
Å kunne bruke digitale verktøy er ein av dei grunnleggjande evnene som skal bli integrert i alle fag i nytt læreplanverk. Erfaringane frå «Prosjekt Innovasjon, Organisering og Teknologi» (PILOT) og anna utvikingsarbeid innanfor IKT vil liggje til grunn for vidare arbeid på dette området, knytt til «Program for digital kompetanse» 2004–08 og reforma. Eit nytt nasjonalt prosjekt, «Lærande nettverk», starta våren 2004. Lærarutdanningane, skolar og skoleeigarar skal gjennom nettverkssamarbeid dele erfaringar og auke kompetansen i bruk av IKT, jf. kap. 248.
For å gi kunnskap om metodar og modellar for betre tilpassa opplæring vil omfanget av forsking bli auka. Det vil også bli lagt til rette for spreiing av gode erfaringar med opplæring tilpassa den einskilde eleven sine føresetnader og behov. Både norske og utanlandske forskingsresultat skal bli systematiserte og gjorde tilgjengelige for skoleeigarar, skoleleiarar og lærarar.
Insentivordningar som demonstrasjonsskolar, demonstrasjonsbedrifter og skoleeigarpris blir ført vidare. Departementet legg til grunn at det skal peikast ut inntil tjue nye demonstrasjonsskolar for perioden 2005–07, og tilsvarande tal demonstrasjonsbedrifter. I samarbeid med Kommunenes Sentralforbund skal det også i 2005 bli valt ut ein kommune eller fylkeskommune som er verdig vinnar til Skoleeigarpris. Kriteria for desse insentivordningane vil bli evaluerte og sett i samanheng med oppfølging av St.meld. nr. 30 (2003–2004) og Innst. S. nr. 268.
For å redusere problemåtferd i skolen vil det bli sett i verk tiltak for å styrkje lærarane si leiarrolle i undervisninga. Fokus skal ikkje rettast bare mot å utvikle lærarane sin individuelle dugleik, men mot utvikling av skolen som organisasjon. Det vil også bli sett i verk tiltak for å auke Statped og PP-tenesta sin kompetanse på mellom anna systemretta arbeid.
Departementet vil stimulere til utvikling av tilbod for å styrkje den enkelte rådgivaren sin kompetanse mellom anna ved å leggje til rette for spreiing av erfaringar frå prosjektet «Delt rådgivningstjeneste». Departementet vil stimulere til utvikling av regionale nettverk. Tiltak for å utvide jenter og gutar sitt spekter for val av utdanning og yrke vil bli vurderte.
Arbeidet knytt til strategiplanane er sentralt i vidare kompetanseutvikling og utviklingsarbeid og må sjåast i nær samanheng med kompetanseutvikling knytt til reforma. «Gi rom for lesing!» Strategi for stimulering av leselyst og lesedugleik 2003–2007 har ført til stor aktivitet og godt utviklingsarbeid ute i skolane, og dette arbeidet held fram i 2005. Støtte til det nasjonale senteret for lesing knytt til Høgskolen i Stavanger er ein del av strategien. Arbeidet knytt til «Realfag, naturligvis» Strategi for styrking av realfaga 2002–2007 held også fram. Støtte til nasjonalt senter for naturfag ved Universitetet i Oslo og nasjonalt senter for matematikk ved NTNU i Trondheim er ein del av strategien. Det same er tildeling av midlar til vitensenter.
«Likeverdig utdanning i praksis!» Strategi for betre læring og større deltaking av språklege minoritetar i barnehage, skole og utdanning 2004–2009 omfattar svært mange tiltak for å betre kvaliteten på arbeidet med minoritetselevar i skolen. Nasjonalt senter for fleirkulturell opplæring i skolen er lagt til Høgskolen i Oslo og skal vere ein sentral medspelar i vidare arbeid.
«Se mulighetene og gjør noe med dem!» Strategi for entreprenørskap i utdanninga 2004–2008 skal samle innsatsen for entreprenørskap i grunnopplæringa.
I samband med oppfølginga av Innst. S. nr. 268 (2003–2004) og St.meld. nr. 30 (2003–2004) vil det bli utarbeidd ein strategi for framandspråk i grunnopplæringa for 2005–2009. Strategien skal gi ei samla oversikt over tiltak som kan betre kvaliteten på framandspråkopplæringa i grunnskolen og vidaregåande opplæring.
I tråd med forslaget i St.meld. nr. 30 (2003–2004) Kultur for læring, blir det i 2005 lagt til rette for oppretting av eit nasjonalt senter for framandspråk og eit nasjonalt senter for nynorsk. Det vil bli sett ned ei arbeidsgruppe som skal vurdere heilskapen i det framtidige norskfaget.
Rettleiing av nyutdanna lærarar blir ført vidare i samarbeid med lærarutdanningsinstitusjonane.
Utdannings- og forskingsdepartementet deltek i ein interdepartemental tiltaksplan mot fattigdom og vil også i 2005 rette innsats mot fråfall i vidaregåande opplæring og betre tilrettelegging for språklege minoritetar.
Foreldreutval for grunnskolen (FUG) vil byggje på erfaringane frå prosjekta «Elektronisk foreldreNETTverk» og utvikle vidare informasjonssystem til foreldra gjennom eit informasjonsutviklingsprosjekt. FUG vil også arbeide vidare med å knyte kontaktar og nytte ressursane til minoritetsspråklege foreldre, basert på erfaringar frå prosjektet «Minoritetsspråklege foreldre». Det er også ei viktig oppgåve for FUG å informere om det nasjonale systemet for kvalitetsvurdering og oppmode foreldre om å gjere seg kjende med systemet.
Utviklingsarbeid innanfor det samiske området blir i hovudsak ført vidare av Sametinget og sett i samanheng med reforma.
Lærings- og oppvekstmiljø
Arbeidet med lærings- og oppvekstmiljø vil bli ført vidare og styrka i samsvar med Innst. S. nr. 268 og St.meld. nr. 30 (2003–2004) Kultur for læring. Det vil bli utarbeidd ein samla plan for innsatsen for perioden 2005–08.
Arbeidet med oppfølging av opplæringslova kapittel 9a for eit betre læringsmiljø blir ført vidare, og tilsynet blir målretta og styrkt.
Arbeidet for eit betre lærings- og oppvekstmiljø blir ført vidare. Satsinga gjennom manifest mot mobbing blir evaluert, og departementet vil i samarbeid med partane vurdere korleis ein best kan føre dette arbeidet vidare. Prosjekta «Verdiar i skolekvardagen» og «Skal–skal ikkje», som fokuserer på verdiformidling og verdimedvit, blir ført vidare i 2005. Gjennom den nye strategiplanen for aktivt medborgarskap som blir utarbeidd hausten 2004, blir det auka fokus på demokratiopplæring og reell elevmedverknad i skolen, mellom anna i form av opplæring i og om menneskerettar. Arbeidet for eit betre læringsmiljø blir sett i samanheng med aktuelle tverrdepartementale handlingsplanar.
Gjennom tiltaksplan for fattigdom skal det utviklast eit tilpassa opplæringstilbod for ungdom som kjem til Noreg som tenåringar. Det skal også satsast på betre oppfølging og tilrettelegging for språklege minoritetar som har behov for særskilt tilrettelagd opplæring.
Samarbeidet mellom heim og skole blir styrkt, mellom anna gjennom å klarleggje foreldra og skolen sine ulike roller. Departementet meiner det også er viktig å få andre brukargrupper inn i skolen, og vil derfor halde fram med prosjektet «Skolebesteforeldre» i 2005. Foreldreutval for grunnskolen (FUG) vil vidareføre arbeidet sitt med foreldrenettverk og hjelp til minoritetsspråklege foreldre.
Departementet vil evaluere det arbeidet som allereie er gjort med fysisk aktivitet og måltid i skoletida, og vidareføre prosjektet «Fysisk aktivitet og måltider i skolen» i samarbeid med Helse- og omsorgsdepartementet. Det blir lagt til rette for spreiing av gode erfaringar frå dette prosjektet.
For å betre situasjonen når det gjeld læremiddel til elevar med særskilde behov, vil arbeidet med universell utforming av utstyr og læremiddel bli styrkt.
Som oppfølging av Innst. S. nr. 131, jf. St.meld. nr. 39 (2002–2003) Ei blot til lyst, vil departementet løyve midlar for å sikre elevar gratis inngang til Universitetsmusea.
Internasjonalt arbeid
Arbeidet med styrking av medborgarskap, menneskerettar og demokrati i opplæringa vil halde fram ut året 2005, da det europeiske året for medborgarskap gjennom utdanning («European Year of citizenship through Education») skal settast i verk i alle Europarådets 48 medlemsland.
Utdannings- og forskingsdepartementet skal i løpet av hausten 2004 ferdigstille ein strategi for aktivt medborgarskap. Strategiplanen fokuserer på undervisning i, for og om menneskerettar og på valdeltaking blant unge, mellom anna skoleval. Målsetjinga med strategien er å auke norske elevar sin kunnskap om menneskerettane og gjere dei betre rusta til å delta aktivt i det demokratiske livet. Strategien vil bli sett i samanheng med det europeiske året for medborgarskap gjennom utdanning (Europarådet).
FNs generalforsamling har gitt UNESCO ansvar for FNs tiår for utdanning for berekraftig utvikling (2005–2014). Departementet vil i samarbeid med andre departement følgje opp med initiativ og tiltak knytt til utdanning for berekraftig utvikling. Arbeidet vil mellom anna bli sett i samanheng med opplæring for berekraftig forbruk og departementet sin strategi for aktivt medborgarskap.
Som eit ledd i innføringa av obligatorisk 2. framandspråk som meldt i St.meld. nr. 30 (2003–2004) Kultur for læring, Innst. S. nr. 268, vil departementet vurdere å inngå bilateralt samarbeid med fleire land.
Som eit ledd i oppfølginga av Regjeringa si europapolitiske plattform skal det arrangerast ein markeringskonferanse om Europa for lærarar på ungdomstrinnet og i vidaregåande opplæring. Målet med konferansen er å markere kompetanseutvikling som eit ledd i internasjonalisering generelt, og styrking av det europeiske perspektivet i opplæringa spesielt. Direktoratet vil arrangere konferansen i byrjinga av 2005.
I samband med handsaminga av St.meld. nr. 30 (2003–2004) Kultur for læring, jf. Innst. S. nr. 268, blir det uttrykt eit ønske frå fleirtalet i kyrkje-, utdannings- og forskingskomiteen om å vurdere ei vidareutvikling av forsøksordningane med finansiering gjennom Lånekassen for utveksling av enkeltelevar gjennom utvekslingsorganisasjonar og utveksling av klassar, jf. omtale i programkategori 07.80 Utdanningsfinansiering. Fleirtalet ønskte vidare at studietur i utlandet for 10.-klassar i ungdomsskolen skulle vurderast som ein del av internasjonal utveksling i utdanninga, med høve til finansiering gjennom nasjonale og internasjonale utdanningsprogram.
Studieturar for 10.-klassar blir ikkje omfatta av Lånekassen sine ordningar eller andre nasjonale støtteordningar. Kommunane som skoleeigarar må vurdere bruk av internasjonaliseringstiltak innanfor overførte budsjettrammer. Grunnskoleelevar har i dag høve til å søkje skoleutvekslingsprosjekt/skolepartnarskap i nordisk regi, til dømes Nordplus junior, og via EUs utdanningsprogram Comenius, jf. programkategori 07.20.
Elevar/lærlingar i vidaregåande opplæring har høve til å delta i internasjonal utveksling via EUs utdanningsprogram (jf. omtale av Leonardo da Vinci, kap. 225 post 72, og Sokrates (Comenius), kap. 281 post 73).
I den nye generasjonen utdanningsprogram i EU, som vil erstatte Leonardo da Vinci-programmet og Sokrates frå 2007, er det foreslått ein auke med omsyn til mobilitetstiltak i perioden 2007–13 i høve til dagens nivå. Under føresetnad av Stortingets vedtak om deltaking i programmet vil dette medføre ei viktig styrking av norske grunnskolars og ungdoms høve til å delta i internasjonalt samarbeid.
Andre oppgåver
Oppfølging av tiltaka i Innst. S. nr. 268 og St.meld. nr. 30 (2003–2004) Kultur for læring vil vere ei sentral oppgåve i departementet i 2005. Dette er eit reformarbeid som krev ekstra ressursar i departementet, og løyvinga over kap. 226 finansierer stillingar i departementet i samband med dette arbeidet.
Budsjettforslag for 2005
Regjeringa foreslår ein auke i løyvinga på om lag 300 mill. kroner til kvalitetsutvikling. Midlane til kompetanseutvikling vil i hovudsak bli fordelt direkte til skoleeigar. Det er behov for ei tilsegnsfullmakt på 100 mill. kroner, jf. forslag til vedtak III nr. 1.
Kap. 227 Tilskott til særskilde skolar
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2003 | Saldert budsjett 2004 | Forslag 2005 |
60 | Tilskott til Moskvaskolen | 1 108 | ||
61 | Tilskott til Nordland kunst- og filmskole | 2 288 | ||
62 | Tilskott til Fjellheimen leirskole | 4 214 | ||
70 | Tilskott til den franske og den tyske skolen i Oslo | 5 565 | ||
71 | Tilskott til internatdrifta ved Krokeide yrkesskole | 17 992 | ||
72 | Tilskott til Røde Kors Nordisk United World College | 22 693 | ||
Sum kap. 227 | 53 860 |
I høve til 2004 er det gjort følgjande tekniske endringar:
Løyvinga på kap. 227 post 60 er flytta frå kap. 249 post 62.
Løyvinga på kap. 227 post 61 er flytta frå kap. 249 post 61.
Løyvinga på kap. 227 post 62 er flytta frå kap. 221 post 61.
Løyvinga på kap. 227 post 70 er flytta frå kap. 249 post 72.
Løyvinga på kap. 227 post 71 er flytta frå kap. 249 post 73.
Løyvinga på kap. 227 post 72 er flytta frå kap. 223 post 74.
Post 60 Tilskott til Moskvaskolen
Målsetjinga med tilskottsordninga er å gi norske elevar med kompetanse i russisk moglegheit til å ta vidaregåande kurs II på den norsk-russiske vidaregåande skolen i Moskva. Denne skolen gir både norske og russiske elevar godkjent vitnemål etter norske og russiske reglar.
I skoleåret 2003–04 hadde skolen to norske elevar, det same som i skoleåret i 2002–03.
Departementet foreslår at løyvinga blir ført vidare på same nivå som i 2004.
Post 61 Tilskott til Nordland kunst- og filmskole
Formålet med tilskottsordninga er å medverke til at det blir gitt eit tilbod om kunst- og filmutdanning i Nord-Noreg. Nordland kunst- og filmskole er toårig, og er det einaste tilbodet i sitt slag i Nord-Noreg.
Skolen hadde våren 2004 48 heilårselevar, fordelte på tre linjer: biletkunst, kunsthandverk og film.
Departementet foreslår at løyvinga blir ført vidare på same nivå som i 2004.
Post 62 Tilskott til Fjellheimen leirskole
Fjellheimen er ein leirskole for barn, unge og vaksne med psykisk utviklingshemming eller lærevanskar. Målet med tilskottet er å medverke til drifta ved Fjellheimen. Leirskolen finansierer drifta ved statstilskott, eigenbetaling frå deltakarane og eit bidrag frå Engerdal kommune. Elevtalet ved leirskolen har vore stabilt på rundt 1 000 i dei siste åra. I 2003 hadde skolen 1 027 deltakarar.
Departementet foreslår at løyvinga blir ført vidare på same nivå som i 2004.
Post 70 Tilskott til den franske og den tyske skolen i Oslo
Regjeringa ønskjer å styrkje samarbeidet med Tyskland og Frankrike samt å styrkje stillinga til det tyske og det franske språket i Noreg ved å støtte drifta av den tyske og den franske skolen i Oslo.
Noreg har inngått avtale om utdanningssamarbeid med Frankrike og Tyskland, jf. St.prp. nr. 40 (2001–2002) og Innst. S. nr. 126 (2001–2002) samt St.prp. nr. 78 (2001–2002) og Innst. S. nr. 4 (2002–2003). Avtalen med Frankrike forpliktar Noreg til å gi eit årleg tilskott til den franske skolen i Oslo på 4 mill. kroner, mot at Frankrike legg til rette for eit bestemt tal på norske lærlingar innanfor det franske opplæringssystemet. Avtalen med Tyskland forpliktar Noreg til å gi eit årleg tilskott til den tyske skolen i Oslo på 1 mill. kroner, mot at Tyskland forpliktar seg til å leggje til rette for 20 praktikantplassar per studieår for norske studentar ved tyske bedrifter.
I skoleåret 2003–04 gjekk det 211 elevar på barnetrinnet, 150 elevar på ungdomstrinnet og 55 elevar i vidaregåande opplæring i den franske skolen. I den tyske skolen same år gjekk det 130 elevar på barnetrinnet og 35 elevar på ungdomstrinnet.
Departementet foreslår at løyvinga blir ført vidare på same nivå som i 2004.
Post 71 Tilskott til internatdrifta ved Krokeide yrkesskole
Krokeide yrkesskole gir tilbod om attføring og yrkesutdanning til elevar som på grunn av funksjonshemming har behov for tilrettelagd opplæring. Eigar av skolen er Landsforeningen for Hjerte- og Lungesyke. Tilskottet har gått til drift av internatet ved Krokeide yrkesskole og til det sosialmedisinske hjelpeapparatet ved skolen.
Våren 2004 var det til saman 142 elevar ved internatet ved Krokeide yrkesskole, ein auke på sju elevar frå våren 2003.
Departementet foreslår at løyvinga blir ført vidare på same nivå som i 2004.
Post 72 Tilskott til Røde Kors Nordisk United World College
Røde Kors Nordisk United World College (RKNUWC) er ein av ti United World College-skolar fordelte på fem kontinent. Skolen har 200 elevar frå meir enn 80 land. Utdanninga er toårig, og basert på «Internationale Baccalaureate (IB) Diploma programme». Dei nordiske landa har gitt bidrag til skolens drift sidan han vart etablert i 1995. Av dette har Noregs bidrag vore om lag 75 pst. I tillegg har Noreg frå år til anna gitt tilleggsbidrag. Departementet er i kontakt med dei andre nordiske landa om dei økonomiske rammevilkåra for skolen.
Departementet foreslår at løyvinga blir ført vidare på same nivå som i 2004.
Kap. 228 Tilskott til frittståande skolar o.a.
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2003 | Saldert budsjett 2004 | Forslag 2005 |
70 | Tilskott til frittståande skolar , overslagsløyving | 2 053 644 | ||
71 | Tilskott til friskoleorganisasjonar | 522 | ||
Sum kap. 228 | 2 054 166 |
I høve til 2004 er det gjort følgjande tekniske endringar:
Løyvinga på kap. 228 post 70 er flytta frå kap. 240 post 70.
Løyvinga på kap. 228 post 71 er flytta frå kap. 240 post 75.
Kapitlet dekkjer tilskott til:
frittståande grunnskolar i Noreg og utlandet
frittståande vidaregåande skolar i Noreg og utlandet
elevar ved utanlandske eller internasjonale grunnskolar og vidaregåande skolar i Noreg eller utlandet
organisasjonar for frittståande skolar
Post 70 Tilskott til frittståande skolar, overslagsløyving
Målsetjing
Målet med tilskottsordninga er å sikre at det kan bli etablert og drive frittståande skolar, jf. lov av 4. juli 2003 nr. 84 lov om frittståande skolar.
Rapport for 2003–04
Tabellen under viser korleis elevtalet og talet på frittståande skolar har endra seg frå skoleåret 2001–02 til skoleåret 2003–04 .
Fordeling av elevar i frittståande skolar med rett til tilskott som er i drift
Skoletype | Skolar 2001–02 | Skolar 2002–03 | Skolar 2003–04 | Elevar 2001–02 | Elevar 2002–03 | Elevar 2003–04 |
---|---|---|---|---|---|---|
Skolar for funksjonshemma | 10 | 10 | 10 | 435 | 458 | 456 |
Vidaregåande skolar utan parallellar i offentlege skolar | 53 | 53 | 53 | 3 014 | 3 050 | 3 244 |
Vidaregåande skolar med parallellar i offentlege skolar | 59 | 60 | 63 | 8 097 | 8 191 | 8 428 |
Grunnskolar i Noreg | 96 | 103 | 115 | 10 500 | 11 164 | 11 955 |
Grunnskolar i utlandet | 20 | 20 | 17 | 881 | 881 | 830 |
Vidaregåande skolar i utlandet | 3 | 4 | 5 | 107 | 110 | 161 |
Sum | 241 | 250 | 263 | 23 034 | 23 854 | 25 074 |
Hausten 2003 gjekk 1,9 pst. av grunnskoleelevane i frittståande skolar. Hausten 2000 utgjorde talet til samanlikning 1,3 pst.
Hausten 2003 gjekk 4,7 pst. av elevane i vidaregåande skole i ordinære frittståande skolar.
Budsjettforslag for 2005
Satsane for tilskott til dei frittståande skolane er i hovudsak baserte på dei gjennomsnittlege utgiftene i den offentlege skolen, jf. friskolelova. Satsane for 2005 er rekna ut på grunnlag av kommunal ressursbruk til skole i 2003 som er rapportert gjennom KOSTRA. Satsane for 2005 er deretter justerte for den faktiske pris- og lønnsauken frå 2003 til 2004, samt for ein venta pris- og lønnsauke frå 2004 til 2005.
I tillegg er det teke omsyn til at pensjonsinnskottet til Statens pensjonskasse er lågare enn det som ligg i KOSTRA-tala frå 2003. Det er også teke omsyn til at timetalet på barnetrinnet er auka.
1. januar 2004 kom det ein ny lov om generell kompensasjon for meirverdiavgift for kommunesektoren, jf. Ot.prp. nr. 1 (2003–2004) Skatte- og avgiftsopplegget 2004. Statstilskottet til dei grunn- og vidaregåande frittståande skolane med parallellar i offentlege skolar vil bli redusert tilsvarande den meirverdiavgifta det er berekna at dei får kompensasjon for. Dette gjeld berre skolane i Noreg. Det samla omfanget av ordninga er usikkert, og reduksjonen i statstilskottet vil bli vurderte på nytt når det ligg føre ei oversikt over dei samla kompensasjonsutbetalingane for 2004.
I forslaget til løyving er det òg teke omsyn til at den geografisk differensierte arbeidsgivaravgifta vart avvikla frå 1. januar 2004. Offentleg sektor blir kompensert gjennom justerte rammeoverføringar. Frittståande skolar som blir påverka av endringa, vil bli kompensert.
Ei oversikt over satsane til dei frittståande skolane ligg på departementet si nettside på Odin under «grunnopplæringen/tilskuddsordninger». På denne internettsida ligg det også informasjon om korleis satsane til frittståande skolar er utrekna.
Tilskottet til frittståande skolar tek i dag ikkje omsyn til skolanes kapitalkostnadar. I Ot.prp. nr. 64 (2003–2004) Om lov om endringer i lov 4. juli 2003 nr. 84 Om frittståande skolar (friskoleloven) har departementet foreslått ei begrensa moglegheit for skolane til å få dekka utgifter til husleige og kapitalkostnadar gjennom skolepengane. Forslaget inneber at skolane kan kreve eit tillegg til skolepengane. Departementet vil vurdere korleis utgifter til husleige og kapitalkostnadar kan takast omsyn til i tilskottsordninga.
Skolar for funksjonshemma elevar
For grunnskolar og vidaregåande skolar for funksjonshemma blir alle driftsutgiftene dekte ved statstilskott etter ein normalsats per elev per skoleår.
Frittståande grunnskolar
Som grunnlag for utrekninga av satsar til frittståande grunnskolar er det nytta korrigerte brutto driftsutgifter til skolesektoren per kommune henta frå KOSTRA. Grunnlaget er vidare korrigert for utgifter som er rapporterte i KOSTRA, men som ikkje skal gå inn i grunnlaget for utrekninga av tilskottet. Dette er utgifter til skoleskyss, spesialundervisning, særskild norskopplæring, morsmålsopplæring og tospråkleg fagopplæring. Avskrivingar og salsinntekter er også trekte frå tilskottsgrunnlaget. Det er utarbeidd ein modell der tilskottssatsen er avhengig av storleiken på den frittståande skolen. Små skolar får eit høgare tilskott per elev enn store skolar. Desse satsane blir så justerte opp eller ned slik at det takast omsyn til skilnaden mellom utgiftene i den kommunen skolen ligg i, og utgiftene på landsbasis. Dette skjer ved at dei nasjonale satsane blir justerte med eit forholdstal. Endringane i tilskottet på bakgrunn av desse justeringane skal liggje innanfor ei maksimal ramme på +/- sju pst. i høve til det tilskottet skolen ville fått ut frå dei nasjonale satsane. Det er innført ei overgangsordning på tre år. Endringane for dei frittståande skolane vil frå hausten 2005 vere på maks. +/- 4,7 pst.
Tilskott blir gitt med 85 pst. av satsen. Frittståande grunnskolar skal, etter friskolelova, ha dekt 100 pst. pensjonsutgifter. Dette blir teke hand om ved å auke satsgrunnlaget.
Grunnskolar i utlandet
Norske grunnskolar i utlandet får statstilskott med 85 pst. av vanlege driftsutgifter til all godkjend undervisning som går inn under opplæringslova.
Skolane får i hovudsak tilskott etter same metode for utrekning som for frittståande grunnskolar i Noreg. Noreg har samarbeidsavtale med Sverige og Finland om dekning av utgifter for barn som får opplæring i skolar i utlandet som er drivne av dei andre landa.
Frittståande vidaregåande skolar med parallellar i den offentlege skolen
Satsane for tilskott i 2005 blir fastsette på grunnlag av gjennomsnittleg utgift per elev på dei ulike studieretningane i offentleg skole. Dette blir rapporterte i KOSTRA. Grunnlaget er vidare korrigert for salsinntekter og avskrivingar av bygg samt for utgifter som er rapportert i KOSTRA, men som ikkje skal gå inn i grunnlaget for utrekninga av tilskottet. Dette er dei øyremerkte tilskotta til landslinjer, opplæring innanfor kriminalomsorga og ekstra språkopplæring for språklege minoritetar. Dei frittståande skolane får 85 pst. av satsgrunnlaget.
Kongshaug Musikkgymnas vil i 2005 få 2,5 mill. kroner i tilskott i tillegg til det ordinære tilskottet skolen mottek per elev. Det er etablert ein eigen sats for toppidrett. Det er maksimalt 810 elevar som kan utløyse eit slikt toppidrettstilskott.
Vidaregåande opplæring i utlandet
Frittståande vidaregåande skolar i utlandet får statstilskott med 85 pst. av ein normalsats per elev.
Andre frittståande skolar
Satsane til vidaregåande skolar utan parallellar i det offentlege skoleverket er, med eitt unntak, knytte til tre av satsane for vidaregåande skolar med parallellar til offentlege skolar. Dei tre satsane er allmenne, økonomiske og administrative fag, idrettsfag og musikk, dans og drama. Vidaregåande skolar utan parallellar i det offentlege skoleverket får 75 pst. av tilskottssatsane.
Skolar som har i gjennomsnitt under sju elevar i løpet av eit skoleår, vil ikkje få statstilskott. Godkjenninga av skolen blir likevel ikkje dregen inn. Skolen kan derfor på nytt få rett til tilskott dersom skolen seinare har fleire enn sju elevar.
Norges Byggskole, Sørlandets Maritime Sjøaspirantskole og Rogaland Maritime vidaregåande skole har eit eige tilskottsgrunnlag som kvart år blir prisjustert. På oppdrag frå departementet har ECON gjennomgått finansieringsordninga for blant anna desse tre skolane, som omfattast av det som tidlegare vart kalla «Tilskottsregel 3, tilskott til vidaregåande skolar som vanlegvis har sine parallellar i tilsvarande statlege skolar». Rapporten frå ECON vart ferdigstilt i desember 2003. I tråd med merknader i Innst. O. nr. 80 (2002–2003) har departementet, m.a. på bakgrunn av ECON-rapporten, vurderte ulike alternativ innanfor nåverande ramme for berekning av tilskott til disse tre skolane. Departementet tek sikte på å sende forslag til finansieringsordningar på høyring til dei skolane dette gjeld.
Tilskott til kompletterande undervisning og til delvis dekning av skolepengar
Norske statsborgarar som er elevar ved utanlandske eller internasjonale grunnskolar, kan få tilskott til kompletterande undervisning i norsk, kunnskap om det norske samfunnet og kristendoms-, religions- og livssynskunnskap. Dette tilskottet kan i visse tilfelle også bli gitt til EØS-borgarar. Statstilskott blir gitt med 85 pst. av den satsen som gjeld for frittståande skolar i Noreg.
Norske statsborgarar som er elevar ved utanlandske eller internasjonale vidaregåande skolar, og som har rett til støtte frå Statens lånekasse for utdanning, kan få tilskott til delvis dekning av utgifter til skolepengar. Same tilskottet kan i somme tilfelle også bli gitt til EØS-borgarar.
Post 71 Tilskott til friskoleorganisasjonar
Formålet med tilskottsordninga er å medverke til at friskoleorganisasjonane kan utføre samordningsoppgåver for frittståande skolar, mellom anna hjelpe skolar som søkjer om godkjenning etter friskolelova.
I 2004 fekk dei fem friskoleorganisasjonane tildelt tilskott ut frå at dei til saman hadde 205 godkjende skolar/einingar. Departementet foreslår at løyvinga blir ført vidare på same nivå som i 2004.
Kap. 229 Andre tiltak
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2003 | Saldert budsjett 2004 | Forslag 2005 |
70 | Tilskott til tryggleiksopplæring for fiskarar | 6 988 | ||
Sum kap. 229 | 6 988 |
Løyvinga på kap. 229 post 70 er flytta frå kap. 249 post 21.
Post 70 Tilskott til tryggleiksopplæring for fiskarar
Sjøfartsdirektoratet har i forskrift av 10. februar 1989 gitt forskrifter om obligatorisk tryggleiksopplæring for fiskarar, som omfattar eit grunnleggjande tryggleikskurs og repetisjonskurs. Tryggleiksopplæringa blir i dag administrert av Tromsø maritime skole og blir driven på bakgrunn av avtale mellom departementet og Troms fylkeskommune. Denne avtalen går ut den 3. februar 2005. Departementet vil understreke at dette ikkje inneber at tryggleiksopplæringa avviklast, sidan det er forskriftsfest at fiskarar som driv ervervsmessig fiske, skal ha gjennomgått tryggleiksopplæring.
Departementet arbeider med å vurdere korleis ein kan organisere dette tilbodet og korleis ein best mogleg kan forvalte dei statlege midlane. Det kan i denne samanhangen også vere naturleg å vurdere fleire aktørar innanfor tryggleiksopplæringa.
I 2003 gjennomførte i alt 903 fiskarar grunnleggjande tryggleiksopplæring. Dette svara til om lag 65 pst. av kapasiteten, og er ein nedgang på nær 480 fiskarar samanlikna med året før. Nedgangen skuldast at skoleskipet MS Kongsnes var inne til reparasjon. I 2003 gjennomførte 820 personar repetisjonskurs, noko som er ein auke på 320 deltakarar frå 2002. Om lag 74 pst. av kapasiteten på repetisjonskursa vart nytta.
Departementet foreslår at løyvinga blir ført vidare på om lag same nivå som saldert budsjett 2004.
Kap. 230 Kompetansesenter for spesialundervisning (jf. kap. 3230)
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2003 | Saldert budsjett 2004 | Forslag 2005 |
01 | Driftsutgifter | 590 982 | ||
21 | Særskilde driftsutgifter | 72 742 | ||
45 | Større utstyrsinnkjøp og vedlikehald , kan overførast | 6 730 | ||
75 | Til disposisjon for departementet | 2 046 | ||
Sum kap. 230 | 672 500 |
I høve til 2004 er det gjort følgjande tekniske endringar:
Løyvinga på kap. 230 post 01 er flytta frå kap. 243 post 01.
Løyvinga på kap. 230 post 21 er flytta frå kap. 243 post 21.
Løyvinga på kap. 230 post 45 er flytta frå kap. 243 post 45.
Løyvinga på kap. 230 post 75 er flytta frå kap. 243 post 75.
Kapitlet finansierer m.a.:
einingar i det statlege spesialpedagogiske støttesystemet (Statped), andre institusjonar Statped kjøper tenester frå, og opplæring og kompetansesenterfunksjonar ved fem sosiale og medisinske institusjonar med landsdekkjande oppgåver
ulike andre spesialpedagogiske tiltak som læremiddelutvikling og produksjon, nasjonalt opplæringsprogram i teiknspråk for foreldre m.m.
kompetansesystem for særskilde grupper funksjonshemma (samarbeid med Sosial- og helsedirektoratet): Autismenettverket og Statleg kompetansesystem for døvblinde
Post 01 Driftsutgifter, kan nyttast under post 21
Ansvaret for å gi elevane tilpassa opplæring ligg hos kommunar og fylkeskommunar. Det statlege spesialpedagogiske støttesystemet har som mål å gi rettleiing og støtte til dei opplæringsansvarlege instansane lokalt, slik at kvaliteten på tilbodet for barn, unge og vaksne med særskilde opplæringsbehov blir best mogleg. Innsatsen frå Statped omfattar både individretta og systemretta tiltak.
Resultatrapport for 2003–04
Statped har arbeidd i tråd med dei sentrale føringane for verksemda. I samsvar med måla har det skjedd utvikling på fleire område:
Nasjonalt spesialpedagogisk støttesystem er meir heilskapleg, og tenestene har betre kvalitet.
Tenesteproduksjonen er meir direkte brukarretta, og tenesteytinga og ressursutnyttinga er betre.
Meir brukarmedverknad både i høve til rettleiingstenestene og i skoleavdelingane for hørselshemma.
Samarbeidet med høgskolar og universitet om vidareutvikling og spreiing av spesialpedagogisk kompetanse er styrkt.
Samarbeidet med Læringssenteret om utvikling og produksjon av spesialpedagogiske læremiddel og spreiing av kunnskap på det spesialpedagogiske fagfeltet er ført vidare.
Arbeidet med opplæring i teiknspråk til foreldre er ført vidare.
Heilårs opplæringstilbod til hørselshemma teiknspråkbrukarar og deltidsopplæring til teiknspråklege elevar som ønskjer det, er utvikla kvalitativt.
Det er utvikla opplæringstilbod til barn og unge med cochleaimplantat.
Arbeidet med eit felles nasjonalt kompetansesystem for døvblindfødde og døvblindblitte er utvikla vidare.
Modellforsøket for oppfølging av døvblitte og sterkt tunghørtblitte er utvikla vidare.
Deltaking i internasjonalt arbeid.
Statped har arbeidd med å effektivisere og målrette verksemda. Det er sett i gang ein intern prosess med å redusere dei enkelte einingane sine kostnader, og det er etablert eit meir effektivt samarbeid mellom einingane. For i minst mogleg grad å redusere tenesteytinga er det lagt vekt på å effektivisere drifta, skjerme tenestetilbodet og halde oppe tenestene for elevar med dei største behova for fagleg bistand. Drifta ved skolane for teiknspråklege elevar er rasjonalisert sidan dei har hatt ein nedgang i elevtalet.
Resultatmål for 2005
Administrasjonen av Statped er frå 15. juni 2004 lagd under Utdanningsdirektoratet. Utdanningsdirektoratet set i verk ein gjennomgang av Statped sine oppgåver for vidare å utvikle og styrkje det spesialpedagogiske området i den alminnelige opplæringa og styrkje den inkluderande skolen.
Stadped prioriterer bistand til brukarar med dei største og mest samansette vanskane, der det ikkje er rimeleg å vente at lokalsamfunnet skal ha kompetanse. Individretta arbeid dannar utgangspunktet for systemretta innsats. Godt samarbeid med helse- og sosialsektoren og på tvers av fagområde er ein føresetnad for gode resultat. Statped medverkar til at det blir utforma individuelle planar for brukarar som treng langvarige og omfattande tenester frå fleire instansar.
Det er starta ein prosess i forhold til Hordaland fylkeskommune for å overta Bjørkåsen vidaregåande skole og i forhold til Vestfold fylkeskommunen for å få dei til å utvide tilbodet til hørselshemma ved Sandefjord vidaregåande skole. Det blir òg arbeidd med å flytte Skådalen kompetansesenter til Huseby-området i Oslo i 2005, jf. St.meld. nr. 14 (2003–2004) Om opplæringstilbod til hørselshemma og Innst. S. nr. 161 (2003–2004).
Autismenettverket skal halde fram. Utdanningsdirektoratet legg rammene for det internasjonale arbeidet.
Ansvaret for den statlege finansieringa av Frambu barnehage og skole og Nasjonalt kompetansesenter for ADHD, Tourettes syndrom og narkolepsi er overteke av Helse- og omsorgsdepartementet.
I St.meld. nr. 30 (2003–2004) Kultur for læring, jf. Innst. S. nr. 268, viser departementet til at det er naudsynt å styrkje forskinga, utvikle metodar og spreie røynsler knytte til tilpassa opplæring og ein inkluderande skole. Statped er del av dette arbeidet. Det er også viktig å styrkje Statped og PP-tenesta sin kompetanse til m.a. systemretta arbeid. Arbeidet med universell utforming av utstyr og læremiddel skal halde fram.
Helse- og omsorgsdepartementet og Utdannings- og forskingsdepartementet vil vidareføre den gjeldande finansieringa av logopediske og audiopedagogiske tenester for personar med språk- og talevanskar.
Budsjettforslag for 2005
Post 01 kan overskridast mot tilsvarande meirinntekter under kap. 3230 postane 02 og 11, jf. forslag til vedtak II nr. 1.
Post 21 kan overskridast mot tilsvarande meirinntekter frå oppdragsverksemd, jf. forslag til vedtak II nr. 2.
Departementet foreslår at løyvinga på postane 01 og 21 blir ført vidare på same nivå som i 2004.
Post 75 Til disposisjon for departementet
Tilskottsordninga skal fremme ny kunnskap på det spesialpedagogiske området. Tilskott blir i hovudsak gitt organisasjonar for funksjonshemma og til verksemd knytt til Utdanningsdirektoratet sitt råd for inkluderande opplæring. Departementet foreslår at løyvinga blir ført vidare på same nivå som i 2004.
Kap. 3230 Kompetansesenter for spesialundervisning (jf. kap. 230)
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2003 | Saldert budsjett 2004 | Forslag 2005 |
01 | Inntekter frå oppdrag | 72 564 | ||
02 | Salsinntekter o.a. | 3 173 | ||
11 | Kursavgift ved vaksenopplæring og etterutdanning | 2 035 | ||
Sum kap. 3230 | 77 772 |
I høve til 2004 er det gjort følgjande tekniske endringar:
Løyvinga på kap. 3230 post 01 er flytta frå kap. 3243 post 01.
Løyvinga på kap. 3230 post 02 er flytta frå kap. 3243 post 02.
Løyvinga på kap. 3230 post 11 er flytta frå kap. 3243 post 11.
Post 01 gjeld oppdrag som kompetansesentra utfører for kommunar, fylkeskommunar og andre.
Post 02 gjeld sal av læremiddel, sal av elevprodukt, sal frå kantine, utleige av lokale og inntekter frå hjelpemiddeltilpassing.
Post 11 gjeld kursavgifter, sal av kursmateriell til kurs, sal frå kantine og opphaldsutgifter i samband med kurs.
Kap. 232 Statlege skolar med opplæring på vidaregåande nivå (jf. kap. 3232)
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2003 | Saldert budsjett 2004 | Forslag 2005 |
01 | Driftsutgifter | 108 665 | 84 955 | |
45 | Større utstyrsinnkjøp og vedlikehald , kan overførast | 3 185 | 3 950 | |
Sum kap. 232 | 111 850 | 88 905 |
I høve til 2004 er det gjort følgjande tekniske endringar:
Post 01 er nedjustert med 15,5 mill. kroner i samband med at ansvaret for Statens dykkarskole er overført til Høgskolen i Bergen frå 1. januar 2005. Løyvinga på kap. 274 post 50 er samstundes oppjustert med 14,7 mill. kroner og kap. 3232 post 02 er nedjustert med 0,8 mill. kroner.
Resterande løyving på post 01 er flytta til kap. 222 post 01
Løyvinga på post 45 er flytta til kap. 222 post 45.
Kap. 3232 Statlege skolar med opplæring på vidaregåande nivå (jf. kap. 232)
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2003 | Saldert budsjett 2004 | Forslag 2005 |
02 | Salsinntekter o.a. | 9 007 | 4 566 | |
15 | Refusjon arbeidmarknadstiltak | 117 | ||
16 | Refusjon av fødselspengar | 33 | ||
18 | Refusjon av sjukepengar | 2 113 | ||
61 | Refusjon frå fylkeskommunar | 212 | 796 | |
Sum kap. 232 | 11 482 | 5 362 |
I høve til 2004 er det gjort følgjande tekniske endringar:
Kap. 3232 post 02 er nedjustert med 0,8 mill. kroner i samband med at ansvaret for Statens dykkarskole er overført til Høgskolen i Bergen frå 1. januar 2005.
Løyvinga på post 61 er flytta til kap. 3222 post 61.
Programkategori 07.40 Andre tiltak i utdanninga
Utgifter under programkategori 07.40 fordelte på kapittel
(i 1 000 kr) | |||||
---|---|---|---|---|---|
Kap. | Nemning | Rekneskap 2003 | Saldert budsjett 2004 | Forslag 2005 | Pst. endr. 04/05 |
0240 | Frittståande skolar o.a. | 1 642 483 | 1 880 394 | -100,0 | |
0243 | Kompetansesenter for spesialundervisning (jf. kap. 3243) | 878 523 | 633 307 | -100,0 | |
0248 | Særskilde IKT-tiltak i utdanninga | 156 595 | 114 853 | 114 943 | 0,1 |
0249 | Andre tiltak i utdanninga | 53 902 | 35 443 | 2 705 | -92,4 |
Sum kategori 07.40 | 2 731 503 | 2 663 997 | 117 648 | -95,6 |
Budsjettforslaget for kategori 07.40 utgjer 117,6 mill. kroner. Det er ein reduksjon på 2 546 mill. kroner i høve til budsjettet for 2004. Reduksjonen skriv seg frå tekniske endringar, sjå omtale under det einskilde kapitlet.
Inntekter under programkategori 07.40 fordelte på kapittel
(i 1 000 kr) | |||||
---|---|---|---|---|---|
Kap. | Nemning | Rekneskap 2003 | Saldert budsjett 2004 | Forslag 2005 | Pst. endr. 04/05 |
3243 | Kompetansesenter for spesialundervisning (jf. kap. 243) | 101 602 | 46 918 | -100,0 | |
Sum kategori 07.40 | 101 602 | 46 918 | -100,0 |
Endringa i høve til budsjettet for 2004 skriv seg frå tekniske endringar, sjå omtale under kap. 3243.
Kap. 240 Frittståande skolar o.a.
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2003 | Saldert budsjett 2004 | Forslag 2005 |
70 | Tilskott , overslagsløyving | 1 641 996 | 1 879 889 | |
75 | Tilskott til organisasjonar | 487 | 505 | |
Sum kap. 240 | 1 642 483 | 1 880 394 |
I høve til 2004 er det gjort følgjande tekniske endringar:
Løyvinga på kap. 240 post 70 er flytta til kap. 228 post 70.
Løyvinga på kap. 240 post 75 er flytta til kap. 228 post 71.
Kap. 243 Kompetansesenter for spesialundervisning (jf. kap. 3243)
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2003 | Saldert budsjett 2004 | Forslag 2005 |
01 | Driftsutgifter , kan nyttast under post 21 | 662 751 | 583 380 | |
21 | Særskilde driftsutgifter | 73 360 | 41 337 | |
45 | Større utstyrsinnkjøp og vedlikehald , kan overførast | 5 668 | 6 611 | |
60 | Tilskott til kommunar og fylkeskommunar , kan overførast | 134 847 | ||
75 | Til disposisjon for departementet | 1 897 | 1 979 | |
Sum kap. 243 | 878 523 | 633 307 |
I høve til 2004 er det gjort følgjande tekniske endringar:
Post 01 er nedjustert med kr 717 000, sjå parallell nedjustering av kap. 3243 post 60.
Post 01 er nedjustert med 9,4 mill. kroner i samband med overføring av midlar til Helse- og omsorgsdepartementet.
Post 01 er nedjustert med 1,4 mill. kroner i samband med overføring av midlar til kap. 220 Utdanningsdirektoratet post 01 Driftsutgifter.
Post 01 er nedjustert med kr 450 000 i samband med at lønnsmidlar er overført til kap. 200 post 01.
Resterande løyving på post 01 er flytta til kap. 230 post 01.
Post 21 er oppjustert med 30 mill. kroner, sjå parallell oppjustering av kap. 3243 post 01.
Resterande løyving 243 post 21 er flytta til kap. 230 post 21.
Løyvinga på kap. 243 post 45 er flytta til kap. 230 post 45.
Løyvinga på kap. 243 post 60 er flytta til kap. 230 post 60.
Løyvinga på kap. 243 post 75 er flytta til kap. 230 post 75.
Kap. 3243 Kompetansesenter for spesialundervisning (jf. kap. 243)
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2003 | Saldert budsjett 2004 | Forslag 2005 |
01 | Inntekter frå oppdrag | 72 504 | 41 164 | |
02 | Salsinntekter o.a. | 3 825 | 3 069 | |
11 | Kursavgift ved vaksenopplæring og etterutdanning | 2 510 | 1 968 | |
15 | Refusjon for arbeidsmarknadstiltak | 1 189 | ||
16 | Refusjon av fødselspengar/adopsjonspengar | 4 763 | ||
17 | Refusjon for lærlingar | 2 | ||
18 | Refusjon av sjukepengar | 16 715 | ||
60 | Betaling frå kommunar og fylkeskommunar | 94 | 717 | |
Sum kap. 3243 | 101 602 | 46 918 |
I høve til 2004 er det gjort følgjande tekniske endringar:
Post 01 er oppjustert med 30 mill. kroner, sjå parallell oppjustering av kap. 243 post 21
Løyvinga på post 01 er flytta til kap. 3230 post 01.
Løyvinga på post 02 er flytta til kap. 3230 post 02.
Løyvinga på kap. 3243 post 11 er flytta til kap. 3230 post 11.
Løyvinga på kap. 3243 post 60 er avvikla, sjå parallell nedjustering av kap. 243 post 01.
Kap. 248 Særskilde IKT-tiltak i utdanninga
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2003 | Saldert budsjett 2004 | Forslag 2005 |
21 | Særskilde driftsutgifter , kan overførast, kan nyttast under post 70 | 141 020 | 111 845 | 111 833 |
70 | Tilskott til IKT-tiltak , kan nyttast under post 21 | 15 575 | 3 008 | 3 110 |
Sum kap. 248 | 156 595 | 114 853 | 114 943 |
I høve til 2004 er det gjort følgjande tekniske endringar:
I samband med omorganiseringa av den statlege utdanningsadministrasjonen er post 21 nedjustert med 0,9 mill. kroner mot tilsvarande oppjustering av kap. 220 post 01. Overføringa gjeld lønn til to stillingar som blir overførte frå departementet.
I samband med at midlar knytte til stillingar i departementet er flytta er flytta til kap. 200 post 01 er kap. 248 post 21 nedjustert med 2,2 mill. kroner.
Post 21 Særskilde driftsutgifter, kan overførast, kan nyttast under post 70
Satsinga på IKT i utdanning tek utgangspunkt i måla i «Program for digital kompetanse 2004–2008», heretter kalla Programmet. Desse må sjåast i samanheng med Regjeringas overordna IT-politiske dokument, «eNorge 2005», og oppfølginga av St.meld. nr. 30 (2003–2004) Kultur for læring.
Programmet er eit instrument for å møte utfordringar i eit moderne utdanningssystem. Eit moderne utdanningssystem stiller krav til infrastruktur. Utdanningsinstitusjonar må utviklast til å bli lærande organisasjonar. Gjennom styrking av tiltaket «Lærande nettverk» blir skolar inviterte til å utvikle sin eigen organisasjon i samarbeid med andre for betre å nå måla i «Kultur for læring».
Programmet er sektorovergripande og retta mot heile utdanningssektoren. Visjonen for programmet er «Digital kompetanse for alle», ein kompetanse som byggjer bru mellom evner som å lese, skrive og rekne og den kompetansen som blir kravd for å ta i bruk nye digitale verktøy og medium på kreativt og kritisk vis:
Gjennom tiltak som «Lærande nettverk» medverkar programmet til å fremje lærarane sin kunnskap om pedagogisk bruk av IKT, og gir med det ein viktig føresetnad for at elevane og studentane skal kunne utvikle grunnleggjande dugleik i bruk av digitale verktøy i utdanninga. Prosjektet «Lærande nettverk» er ein del av Strategi for kompetanseutvikling i samband med oppfølginga av St.meld. nr. 30 (2003–2004) Kultur for læring.
Programmet gir høve til naudsynt styrking av infrastrukturen i norsk utdanning med særleg fokus på kompetanse innanfor drift og innkjøp av IKT-infrastruktur. Ei slik styrking er viktig for å nå målet om dugleik i bruk av digitale verktøy, jf. St.meld. nr. 30 (2003–2004) Kultur for læring.
Kunnskapsdeling mellom ulike delar av utdanningssektoren er viktig for å utvikle den digitale kompetansen hos alle lærande. IKT i læringa skal fremme ein betre kultur for læring og utvikle skolen som ein lærande organisasjon.
Gjennom forskings- og utviklingsarbeid (FoU) skal vi dokumentera ny kunnskap om korleis IKT betrar læringsutbyttet og læringsstrategiar.
Digitale læringsressursar og IKT-støtta arbeidsformer er naudsynt for å auke dei lærandes røynsle med nye medieformer og for å kunne ta i bruk meir fleksible arbeidsformer i utdanninga.
Gjennomføringa av programmet krev samarbeid med og involvering av aktørar i sektoren. Innanfor grunnopplæringa er det nyetablerte Utdanningsdirektoratet ein sentral aktør og medspillar i departementet sitt arbeid med satsingsområda i programmet.
St.meld. nr. 30 (2003–2004) Kultur for læring er det overordna styringsdokumentet og den sentrale drivkrafta i arbeidet med å realisere visjonen og måla i Program for digital kompetanse i høve til grunnopplæringa. I oppfølginga av meldinga vil Programmet både vere ein premissleverandør og eit verkemiddel for det som omhandlar IKT i utdanninga. I meldinga er det lagt vekt på at både grunnleggjande dugleik i bruk av digitale verktøy og meir avanserte former for digital kompetanse skal integrerast i dei nye læreplanane og vurderingsformar på ulike nivå i grunnopplæringa. Etter departementet sitt syn må vurderingsformene henge saman med skolens innhald og arbeidsmåtar. Dette set krav til korleis IKT vert integrert i høve til vurderinga, til eksamen og i dei nasjonale prøvene.
Utfordringane for IKT i utdanninga skal møtast gjennom dei fire satsingsområda i programmet: infrastruktur, kompetanseutvikling, digitale lærings-ressursar, læreplanar og arbeidsformer samt forskings- og utviklingsarbeid (FoU). Satsingsområda må sjåast i eit heilskapleg perspektiv, der kvar del er like viktig. IKT-satsinga i utdanninga er ein viktig byggjestein i verdiskapinga i kunnskapssamfunnet. Utdanninga må ikkje sakke akterut i forhold til den teknologiske utviklinga. Skal Utdannings-Noreg bli meir digitalt kompetent, er det naudsynt å kople den teknologiske utviklinga tett opp til andre endringsprosessar – både fagleg og organisatorisk. For å lykkast må programmet følgjast opp med konkrete tiltak. Staten vil medverke med tilskottsmidlar, men i regelen er det skoleeigarar, universitet og høgskolar sjølve som er ansvarlege for infrastruktur og kompetanseutviklingstiltak innanfor sine sektorar.
Teknologien utfordrar utdanninga på fleire hald. Tilgangen på infrastruktur varierer mellom dei ulike kommunane og mellom skolar. Mange skolar har vanskar med å utnytte teknologien og integrere den i si pedagogiske verksemd på ein god måte. Bruk av IKT i det pedagogiske arbeidet skal medverke til betre læringsstrategiar og læringsutbytte for alle, betre arbeids- og vurderingsmåtar og til utvikling av elev-/student- og lærarrollene på alle nivå. Når nær alle elevar (om lag 85 pst.) har tilgang til PC med Internett heime, må skolen både leggje til rette for dei som ikkje har, og samstundes ta i bruk digitale verktøy for å skape betre læring for alle. Program for digital kompetanse må òg stø oppunder arbeidet med å motverke nye digitale skilja ut frå både ulik tilgang til teknologi og ulike moglegheiter til å lære å nytte han. Teknologien må leggje til rette for tilpassa opplæring og differensiering. Omsyn må takast slik at teknologien ikkje skapar nye, men heller byggjer ned eksisterande barrierar for elevar, studentar og vaksne med særlege behov, jf. Regjeringa sin handlingsplan for universell utforming. Det er behov for ein betre balanse mellom tilgangen til teknologien og den faktiske pedagogiske utnyttinga av ny teknologi.
IKT-satsinga skal medverke til at utdanningsinstitusjonane kan knyte seg til breibandsnett og nytte breiband pedagogisk. Dette er i tråd med Regjeringa sitt overordna IT-politiske dokument, «eNorge 2005», og St.meld. nr. 49 (2002–2003) Breiband for kunnskap og vekst. Satsinga på god infrastruktur, mellom anna breibandsnett, er naudsynt for å få til ein effektiv og pedagogisk bruk av digitale læringsressursar. Departementet vil mellom anna fokusere på auka kvalitet, eit betre tilbod, spreiing og gjenbruk av digitale læringsressursar gjennom ein overordna strategi for digitale læringsressursar.
Bruken av IKT i utdanninga aukar, det same gjeld kravet til dokumentasjon av effektar knytte til læringsutbytte, arbeids- og vurderingsmåtar. FoU og gode strategiar for formidling av resultat og erfaring knytte til IKT og læring blir derfor viktigare for å syne korleis IKT best mogleg kan gi ei meir tidsriktig utdanning.
Internasjonalt samarbeid innanfor IKT i utdanninga har høg prioritet. Departementet har forplikta seg til å delta i ulike internasjonale program som har som hovudmål å fremme betre kvalitet på utdanninga. Noreg deltek mellom anna i aktivitetar i regi av EU, til dømes eLearning-programmet. Samarbeidet i Nordisk Ministerråd må òg følgjast opp. Vidare har departementet forplikta seg til å følgje opp ei rekkje anbefalingar frå OECD når det gjeld livslang læring, mellom anna i forhold til utvikling av såkalla «one-stop shop» ordningar, noko som ligg i oppfølginga av den nyoppretta nettportalen Utdanning.no.
Mål, resultat og erfaringar knytte til programmet blir nærmare omtala nedanfor. Tiltak som gjeld programmet, blir òg omtala under kategoriane 07.20, 07.50, 07.60 og 07.70.
Resultatrapport for 2003–04
I 2003 og 2004 vart det satsa på kunnskapsdanning, læring og formidling knytt til tidlegare satsingar og på å styrkje kunnskapsgrunnlaget for framtidig satsing innanfor Program for digital kompetanse. Verkemiddel og modellar innanfor IKT og utdanning er testa ut, utdanningssektoren tek del i resultat og røynsle frå verksemda. Dei viktigaste innsatsområda har vore knytte til kompetanseutvikling for lærarar, IKT i lærarutdanninga, forsking og utvikling, IKT-forsøk i skolar, utvikling av digitalt innhald/digitale læringsressursar, infrastruktur som t.d. breiband og internasjonalt samarbeid.
Utviklinga har vore positiv på fleire hald, og resultat og røynsle kan summerast opp slik:
Om lag 32 000 lærarar har avslutta etterutdanning i pedagogisk bruk av IKT i perioden 2002–04.
Evaluering av satsinga «IKT i lærarutdanninga» syner at satsinga på IKT har medverka til positive omstillingsprosessar og auka kompetansen både blant lærarstudentar og fagpersonale.
Den nasjonale nettportalen for utdanning, Utdanning.no, er frå 1. september 2004 etablert med ein permanent redaksjon plassert ved Universitetet i Tromsø.
Gjennom kompetansesatsinga «Skoler og lokalmiljø i digital utvikling» (SOLID) har UNINETT ABC skipa til ein rettleiingsteneste med fokus på råd om teknologiske løysingar. Gjennom tiltaket «HØYKOM-Skole» har omtrent 500 skolar fått stønad til breiband.
Gjennom forskings- og utviklingsarbeid er kunnskapsgrunnlaget innanfor IKT og læring vidareutvikla og formidla i utdanningssektoren slik at til dømes skoleeigarar og fleire skolar kan utnytte dei positive erfaringane. Forskings- og kompetansenettverket for IT i utdanninga (ITU) har ei viktig nettverksrolle og gir viktige bidrag i kunnskapsdanninga innanfor pedagogisk bruk av IKT.
Frå hausten 2003 vart det gjennomført ulike tiltak for kunnskapsdeling og erfaringsspreiing, mellom anna som grunnlag for utforminga av «Program for digital kompetanse 2004–2008».
Omsynet til elevar med særlege behov er betre integrerte i tiltaka.
Infrastruktur
Pedagogisk bruk av IKT i skolen stiller krav til breiband og utstyr, og til gode og kostnadseffektive løysingar for drift. Undersøkingar i 2003 i Noreg syner ein etter måten god PC-tettleik i vidaregåande opplæring. PC-tettleiken i grunnskolen er òg i betring, men er framleis ikkje god nok. Mellom anna visar det seg at det er store variasjonar mellom kommunar både med omsyn til maskinpark og nettkapasitet. Etter departementet si vurdering bør PC-dekninga ytterlegare betrast om skolane skal kunne utnytte digitale læringsressursar som ein naturleg og integrert del av opplæringa. Båe skoleslag treng Internett-tilkopling med betre kapasitet enn dei no har.
Tiltak som UNINETT ABC og HØYKOM-Skole er sentrale i breibandsatsinga. UNINETT ABC utarbeider arkitektur og strategiar for infrastruktur, tenester og læringssystem for heile utdanningssektoren. Den nye rettleiingstenesta SOLID gir kommunar og fylkeskommunar råd om teknologiske løysingar. HØYKOM-Skole har gitt skoleeigarar tilskott både til breiband og til utvikling av innhaldstenester for breiband. Ordninga med brukte PC-ar til skolane har helde fram i regi av Læringssenteret/Utdanningsdirektoratet.
Den nasjonale nettportalen for utdanning, Utdanning.no, leverer kvalitetssikra informasjon, tenester og ressursar for heile utdanningssektoren, og vart frå 1. september 2004 etablert med ein permanent redaksjon ved Universitetet i Tromsø. Portalen har mottatt fleire prisar for god design og brukarvensemd. Så langt er departementet si vurdering at marknadsføringa av portalen må betrast, og talet på brukarar er for lavt.
Noreg tek del i arbeidet med «Northern eDimension Action Plan» (NeDAP), eit program i samarbeid mellom EU og Austersjørådet retta særleg mot Nordvest-Russland og dei baltiske landa. Eit resultat av dette arbeidet er at EU har gjeve tilsegn om finansiell stønad til auka bandbredde både mellom St. Petersburg og det nordiske forskingsnettet NORDUNet og til forskingsnett i Nordvest-Russland.
Kompetanseutvikling
Satsinga på å auke kompetansen til lærarane innanfor pedagogisk bruk av IKT syner så langt gode resultat. Det har, etter departementet si vurdering, vore positivt med både private og offentlege tilbydarar. Skoleinterne opplegg har synt sterk vekst. Ulike tiltak har ført til auka IKT-kompetanse hos lærarane og til ei meir positiv haldning til pedagogisk bruk av IKT i opplæringa. Det vil likevel vere naudsynt å satse på ulike formar for IKT-retta kompetanseutvikling framover. Dette vil vere ein kontinuerleg prosess der skoleeigarane og skolar tek ansvar for sin eigen kompetanseutvikling.
Kommunane har i dei siste åra fått tilskott til å gjennomføre etter- og vidareutdanning, jf. kategori 07.20. Det er lagt til rette for tilbod om etterutdanning i pedagogisk bruk av IKT for inntil 40 000 lærarar i perioden 2002–04. Det nasjonale prosjektet «LærerIKT» har vore sentralt i denne satsinga. Om lag 32 000 lærarar har i denne perioden fullført, eller held på med, etterutdanning i pedagogisk bruk av IKT. Utanom «LærerIKT» er kursa i regi av private kurstilbydarar eller i regi av skoleeigar.
Ei evaluering syner eit fleirtydig bilete av «LærerIKT». Som eit positivt trekk blir den pedagogiske samarbeidsmodellen trekt fram. Deltakarane har ulike syn på innhaldet, medan rettleiingsopplegget har vore ei viktig støtte, men med potensial for betring. Det er òg behov for meir differensierte opplegg fordi kompetansenivået blant lærarane er såpass ulikt. Prosjektet vart avslutta 30. juni 2004. Materialet vil bli gjort fritt tilgjengeleg av Utdanningsdirektoratet for alle som vil nytte dette tilbodet i kursverksemda si. Det er òg utvikla nettbaserte vidareutdanningstilbod i sentrale fag som t.d. naturfag, engelsk og matematikk.
Satsinga «IKT i lærarutdanninga» vart avslutta 31. desember 2003. Evalueringa syner at IKT-kompetansen har auka både blant lærarstudentar og fagpersonale. IKT er i langt større grad integrert i fagplanar og undervisningspraksis, og mange nye kurstilbod er oppretta. IKT har fungert som ein positiv impuls for endring av organisasjonskulturen i lærarutdanninga og har hatt særleg stor effekt på samarbeidet mellom universitet/høgskole og praksisskolane. Bruk av IKT i fleire praksisskolar gir god IKT-opplæring av lærarstudentane.
Eit nytt nasjonalt prosjekt, «Lærande nettverk», starta våren 2004. Lærarutdanningane, skolar og skoleeigarar skal gjennom nettverkssamarbeid i fellesskap dele kunnskapar og erfaringar og auke kompetansen i bruk av IKT. Prosjektet blir koordinert av Utdanningsdirektoratet i samarbeid med Fylkesmannens utdanningsavdelingar, medan lærarutdanningsinstitusjonane er regionale nettverksleiarar. Noreg deltek i EUs eLearning-program (2004–2006), som har som eit hovudmål å fremje digital kompetanse blant både lærarar og elevar i Europa gjennom samarbeidsprosjekt.
Digitale læringsressursar, nettinnhald og læringsformer
Under den førre handlingsplanen «IKT i norsk utdanning 2000–2003» og «Plan for digitale læremidler 2001–2003» vart det starta fleire prosjekt for utvikling av digitale læringsressursar. Læringssenteret har i samarbeid med private og offentlege aktørar fått utvikla digitale læringsressursar innanfor prioriterte fagområde som matematikk og norsk. Ei rekkje av desse er gjort tilgjengelege på Skolenettet, jf. http://www.skolenettet.no.
I regi av HØYKOM-Skole vart det i 2003 og våren 2004 òg sett i gang prosjekt for utvikling av digitalt innhald, jf. www.hoykom.no. ITU har, innanfor ramma av programmet Digitale læringsarenaer (DLA), sett i verk fleire FoU-prosjekt som dreier seg om digitale læringsressursar.
Utdanning.no har gjennom nettstaden «Ressursverkstaden» gitt lærarar og andre høve til å presentere eigenproduserte læringsressursar og dele desse med andre. Mange lærarar nyttar denne tenesta.
Fleire lærarutdanningsmiljø tek òg del i testing, analyse og utvikling av IKT-verktøy og nettressursar i ymse skolefag. Det er t.d. laga gratis digitale læremiddel i realfag som brukast av om lag 6 000 elevar i ungdomsskolen og i vidaregåande opplæring, jf. http://viten.no.
Internasjonalt har Noreg teke del i prosjekt som fremmar bruk av digitale læringsressursar. Utdanningsdirektoratet tek del i EU prosjektet CELEBRATE, som koordinerast av det Europeiske skolenettet (www.eun.org), og som har som hovudformål å fremme spreiing av digitale læringsressursar gjennom europeisk samarbeid.
EU-kommisjonen organiserer kvart år eSchola, der utvikling og spreiing av digitale læringsressursar har vore eit av formåla. Fleire norske skolar har teke del i eSchola-prosjekt.
Arbeidet med IKT i eksamen og vurdering held fram i 2004. I den sentralt gitte eksamen i bedriftsøkonomi i vidaregåande skole vart IKT brukt. Våren 2004 vart IKT teke i bruk ved avgangsprøva i matematikk i tiende klasse og ved den nasjonale prøva i engelsk på same klassetrinn. Utdanningsdirektoratet har ikkje fått tilbakemeldingar om problem i samband med gjennomføringa av eksamen med bruk av IKT.
Forsking og utvikling
Det er satsa på forsking og utvikling (FoU) om bruk av IKT og læring, knytt direkte til fag og pedagogisk bruk av IKT. Forsøk som testar og dokumenterer ulike utviklingsmodellar i skolen der IKT er ein viktig faktor, har vore sett i verk.
ITU vart ein permanent del av Universitetet i Oslo frå 1. januar 2004. ITU er ein sentral kunnskapsleverandør til utforming og gjennomføring av heile satsinga på IKT gjennom ei rad forsøksprosjekt, programmet «Digitale Læringsarenaer» og kartleggingsstudien «ITU Monitor». Dei har òg hatt evalueringsoppgåver og aksjonsforsking knytte til større IKT-prosjekt. Departementet er nøgd med innsatsen til ITU som eit sentralt verkemiddel for auka fokus på pedagogisk og innovativ bruk av IKT og utvikling av digital kompetanse i utdanningssektoren. Som eit viktig ledd i ITU si formidlarrolle arrangerar ITU ein årleg konferanse om status for kunnskapsgrunnlaget knytt til IKT i opplæringa.
Det nasjonale forsøksprosjektet «Prosjektet Innovasjon, Organisering og Teknologi» (PILOT) vart avslutta hausten 2003. Sluttrapport frå Læringssenteret, som har vore nasjonal koordinator for PILOT, låg føre i mai 2004. Aksjonsforskinga, i regi av ITU og fleire andre FoU-miljø, syner positive samanhengar mellom IKT og læringsutbytte, og at IKT verkar som ein katalysator for andre endringar i skolane.
Departementet har gitt midlar til ein egen IKT-modul innanfor forskingsprogrammet «Kunnskap, utdanning og læring» (KUL), i regi av Noregs forskingsråd. Fleire FoU-miljø gjennomfører her fleirårige prosjekt som gir viktige bidrag til utviklinga av den nasjonale kunnskapsbasen innanfor IKT og læring.
Departementet, Læringssenteret/Utdanningsdirektoratet og ITU er med på fleire internasjonale prosjekt, mellom anna Det Europeiske Skolenettet (EUN). Dette har gi norske skolar høve til samarbeid med skolar i andre land og har synleggjort norsk satsing på dette området.
Kjønn og IKT er eit sentralt satsingsområde for likestillingspolitikken. Prosjektet «Minerva» (jenter og matematikk) er støtta gjennom fleire år og har gitt erfaringar og kunnskap om korleis rekrutteringa av unge kvinner til teknologistudium kan bli betre.
Departementet si vurdering er at det er eit klart behov for vidare forsking om korleis bruk av IKT i læringsarbeid kan gi betre læringsstrategiar og læringsutbytte. Fleire forskingsmiljø bør stimulerast til å engasjere seg i FoU-arbeid om IKT og læring, og det er behov for eit auka metodisk mangfald på dette forskingsfeltet.
Resultatmål for 2005
Satsinga på IKT frå 2004-budsjettet blir ført vidare i 2005-budsjettet innanfor «Program for digital kompetanse 2004–2008». Resultatmåla er knytte til dei fire satsingsområda i Program for digital kompetanse som infrastruktur, kompetanseutvikling, digitale læringsressursar og FoU.
Infrastruktur
Departementet legg vekt på at IKT-infrastruktur er eit middel for å nå pedagogiske mål og ein føresetnad for å realisere digital kompetanse i norsk utdanning. Norske utdanningsinstitusjonar treng infrastruktur dei kan stole på og som har høg kvalitet og kapasitet.
Samarbeid mellom offentlege og private aktørar er eit sentralt verkemiddel for å få infrastrukturen på plass, og det må utviklast relevante og betre samarbeidsmodellar. Eit nyskipa samarbeidsforum mellom private og offentlege aktørar skal mellom anna arbeide for å styrkje skoleeigarane sin kompetanse innanfor innkjøp og tinging av IKT-infrastruktur samt å bevisstgjere verksemder som tilbyr løysingar og tenester. Departementet vil òg hente impulsar frå andre land der dette samarbeidet har komme lenger enn i Noreg.
Departementet er i gang med ei samordning av nasjonale portalar og nettstader. Arbeidet skal gjere portalane meir oversiktlege og tilgjengelege for alle brukarane.
Departementet vil føre vidare HØYKOM-Skole i 2005 for å stimulere skoleeigarar og skolar til å knytte seg til breibandsnett og nytte breiband pedagogisk. Ansvaret for HØYKOM-Skole er overført til Utdanningsdirektoratet. Departementet vil styrkje innsatsen for å auke skoleeigarane sin kompetanse innanfor drift og innkjøp av IKT-infrastruktur. Departementet vil gjennom UNINETT ABC fokusere på utvikling av eit sett med tilrådde driftsløysingar og tilhøyrande rettleiingar. Målet for arbeidet er at skolar og utdanningsinstitusjonar skal kunne få ein driftssikker infrastruktur (datamaskiner, nettverk og grunntenester).
Arbeidet for å få etablert ein identitetsforvaltning innanfor utdanningssektoren vidareførast. I dette arbeidet vil FEIDE-prosjektet, som er UNINETT si satsing på identitetsløysingar for UH-sektoren, vere sentralt. Departementet vil i 2005 ta stilling til korleis FEIDE-teknologien skal takast i bruk i grunnopplæringa.
Departementet vil arbeide med problemstillingar omkring open kjeldekode og opne standardar. Fridom i val av teknologi er ein demokratisk rett som treng hegnast om. Eit viktig mål er auka konkurranse. Skolane skal fritt kunne velje teknologiske løysingar. Dette gir òg grunnlag for betre og meir kostnadseffektive driftsløysingar for skolane.
Kompetanseutvikling
Departementet og Utdanningsdirektoratet vil gjennom prosjektet «Lærande nettverk» syte for at røynslene frå tidligare IKT-prosjekt som PILOT, «Program for LærerUtdanning, Teknologi og Omstilling» (PLUTO) og «IKT i lærarutdanninga» tilflyt langt fleire. Ettersom dei tidlegare IKT-prosjekta er avslutta er det frigjort ressursar som legg grunnlaget for ei ny og forsterka satsing retta mot IKT-støtta skoleutvikling. Den nye satsinga «Lærande nettverk» skal medverke til å skape nyttige læringsarenaer for IKT og læring i skolen. Utvikling av nettverk mellom skolar, skoleeigarar, lærarutdanninga og andre FoU-miljø blir her eit særs viktig verkemiddel for å få til god kunnskapsdeling og kompetanseutvikling. Lærarutdanningane skal spele ei sentral rolle som nettverksleiarar. Ei faggruppe vil ha oppgåver knytte til rådgiving og evaluering i forhold til nettverka.
Utdanninga står overfor store utfordringar i tida som kjem for å integrere IKT betre i opplæringa, både som grunnleggjande dugleik og som eit verktøy for endring og utvikling. Utfordringane for høgre utdanning spenner frå initiativ knytte til internasjonalisering og virtuelle utdannings- og samarbeidsformer til IKT i lærarutdanninga. Lærarutdanninga ved universitet og høgskolar er ei viktig drivkraft i utviklingsarbeidet, og deira satsing på IKT er viktig både for nye lærarar sin bruk av IKT og for grunnopplæringa. Her må særleg skoleleiarar og skoleeigarar ta del i naudsynt kompetanseutvikling for å kunne møte utfordringa knytt til digital kompetanse i grunnopplæringa. Samstundes vil tiltak for dei vaksne halde fram i høve til særlege utfordringar desse vil møte i vår digitale kvardag.
Mål for grunnleggjande dugleik, som til dømes det å kunne nytte digitale verktøy, skal integrerast i læreplanane for alle fag på faga sine føresetnader. Dette gjer at lærarane må få høve til etter- og vidareutdanning for bruk av IKT i dei einskilde faga og knytt til eksamen og vurdering. Utviklinga av nye læreplanar vil leggje rammer for framtidig etterutdanning. Lærarutdanninga må òg ta omsyn til det endra IKT-kravet når det gjeld lærarstudentane.
Digitale læringsressursar, læreplanar og arbeidsformer
Digitale læringsressursar, læreplanar og arbeidsformer er eit av satsingsområda innanfor Program for digital kompetanse. Det er lagt opp til tiltak og verkemiddel for å betre tilbod, spreiing og gjenbruk av digitale læringsressursar og for å betre kvaliteten. Tiltaka femner om grunnopplæringa, høgre utdanning og vaksnes læring.
Det er behov for eit variert tilbod av digitale læringsressursar innanfor alle fag. Lærarar, elevar og studentar må i større grad kunne nytte desse nye verktøya for å gjere læringsarbeidet meir effektivt og variert. Digitale læringsressursar er viktige for utvikling av eit individualisert og oppdatert undervisningstilbod. Kjennskapen til korleis digitale læringsressursar blir brukt er for dårleg. Departementet vil derfor i 2005 be Utdanningsdirektoratet om å få gjennomført ei evaluering av resultata frå satsinga på digitale læringsressursar fram til no.
Utvikling av analoge og digitale læringsressursar må sjåast i eit heilskapleg perspektiv for å fremje evna til å nytte seg av varierte læringsstrategiar. Det skal utviklast nye læreplanar for alle fag i grunnopplæringa. Grunnleggjande dugleik skal integrerast i planane på faga sine premissar. Dugleik i å bruke digitale verktøy er ein slik dugleik. Det er derfor svært viktig at det blir teke omsyn til dette når det skal utviklast nye læremiddel.
Det finst i dag ingen heilskapleg strategi for digitale læringsressursar, og det er naudsynt med eit samla grep for å få til kosteffektiv utvikling av digitale læringsressursar, betre ordningar for gjenfinning og distribusjon og sal av slike ressursar. Ei slik utvikling er avhengig av at det blir utvikla standardar for merking av digitalt innhald og åtgjerder som skal skapa ein betre marknad for digitale læringsressursar.
Utdanning.no er et viktig verktøy i utdanning og læring for heile sektoren med dei tenester og funksjonar portalen tilbyr. Utdanning.no står i tida framover overfor utfordringar knytte til vidareutvikling av tenester og auka bruk. Vidare utvikling av utdanning.no må sjåast i samanheng med arbeidet med samordning av nasjonale portalar og nettstader, jf. resultatmål for infrastruktur under kap. 248.
I samarbeid med Utdanningsdirektoratet vil det i regi av eStandard-prosjektet innan 2006 bli utvikla system for produksjon, lagring og gjenfinning av digitale læringsressursar. Dette systemet skal så langt som mogleg baserast på internasjonale standardar.
Frå våren 2005 av skal IKT gradvis takast i bruk i fleire fag i avgangsprøva i grunnskolen og i eksamenar i vidaregåande opplæring. I 2005 vil Utdanningsdirektoratet setje i verk ei evaluering om korleis ordninga med bruk av IKT ved eksamen har fungert i dei ulike faga.
Forsking og utvikling (FoU)
Utfordringane for forsking om IKT og læring ligg i å styrkje kunnskap og erfaring innanfor alle område. Forskinga må kople teori og praksis saman gjennom til dømes tiltak som formidlar resultat og erfaringar, analysar, evalueringar og aksjonsforsking. Formidlingsoppgåva er omfattande slik at mange skolar og utdanningsinstitusjonar kan ta del i røynslene. Det er framleis behov for å utvikle den nasjonale kunnskapsbasen innanfor IKT og læring, og å utvikle gode strategiar for å spreie denne kunnskapen. Ein slik kunnskapsbase, m.a. med internasjonal innsikt, er òg viktig som innspel til politikkutviklinga på feltet.
Forskings- og kompetansenettet for IT i utdanninga (ITU) førast vidare i 2005 som ein del av Universitetet i Oslo. ITU skal arbeide innanfor grunnopplæringa og lærarutdanninga. Mandatet som vart utvikla i samband med at ITU vart gjort permanent, skal liggje til grunn for verksemda i 2005. ITU er frå august 2004 overført til Utdanningsdirektoratet.
Ei viktig oppgåve for ITU er å overvake korleis IKT blir brukt i læringsarbeidet, og vere ein pådrivar i utviklinga av digital kompetanse.
Det skal m.a. setjast i gang ein studie med fleire FoU-miljø involvert, som analyserer samanhengar mellom bruk av teknologi i læringsarbeidet og elevane sine læringsstrategiar og læringsutbytte. Her må både kvantitative og kvalitative omsyn gjelde slik at det skapast meir innsyn i korleis ein lærar med IKT, kva ein lærer, og kva slags kvalitet læringa gir.
Støtta til ein eigen modul for IKT i utdanningsforskingsprogrammet Kunnskap, utdanning og læring (KUL) i Noregs forskingsråd førast vidare i 2005. Modulen er eit viktig tiltak for å auke den nasjonale kunnskapsbasen om IKT og læring. Departementet er oppteke av dei forskjellane som framleis syner seg mellom kjønna i bruken av IKT. Det vil gjennom ulike tiltak bli sett fornya fokus på ulike aspekt ved kjønn og IKT. Mange fagmiljø som har vore aktive på dette området, vil bli involvert i dette arbeidet.
Budsjettforslag for 2005
Løyvinga er foreslått vidareførd på om lag same nivå som i 2004. Ein foreslår ei fullmakt til å gi tilsegn om å betale ut inntil 20 mill. kroner i samband med avtalar om infrastrukturtiltak og utvikling av digitale læringsressursar, jf. forslag til vedtak III nr. 1. Departementet gir Utdanning.no ei løyving på 13 mill. kroner for 2005.
Post 70 Tilskott til IKT-tiltak, kan nyttast under post 21
Ramma for ordninga er «Program for digital kompetanse 2004–2008», sjå omtale under post 21. I 2003 er det gitt tilskott til internasjonale prosjekt som European Schoolnet og tilbod på nett. Prosjekta er i stor grad knytte til vidaregåande opplæring og grunnskolen og har medverka til å auke tilbodet på nett. Skolane får informasjon om prosjekta gjennom mellom anna Skolenettet og Utdanning.no.
Løyvinga for 2005 er forslått ført vidare på same nivå som i 2004.
Kap. 249 Andre tiltak i utdanninga
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2003 | Saldert budsjett 2004 | Forslag 2005 |
01 | Driftsutgifter | 2 573 | 2 614 | 2 705 |
21 | Særskilde driftsutgifter | 16 607 | 6 758 | |
61 | Tilskott til Nordland kunst- og filmskole | 2 141 | 2 216 | |
62 | Moskvaskolen | 1 037 | 1 073 | |
72 | Tilskott til den franske og den tyske skolen i Oslo | 2 695 | 5 382 | |
73 | Tilskott til internatdrifta ved Krokeide yrkesskole | 17 042 | 17 400 | |
75 | Særskilt tilskott til toppidrettsgymnas | 11 807 | ||
Sum kap. 249 | 53 902 | 35 443 | 2 705 |
I høve til 2004 er det gjort følgjande tekniske endringar:
Løyvinga på kap. 249 post 21 er flytta til kap. 229 post 70.
Løyvinga på kap. 249 post 61 er flytta til kap. 227 post 61.
Løyvinga på kap. 249 post 62 er flytta til kap. 227 post 60.
Løyvinga på kap. 249 post 72 er flytta til kap. 227 post 70.
Løyvinga på kap. 249 post 73 er flytta til kap. 227 post 71.
Post 01 Driftsutgifter
Resultatrapport for 2003–04
Løyvinga er nytta til utgreiingar, analysar og FoU på ansvarsområdet til departementet. Ein stor del av løyvinga er nytta til analysar innanfor grunnopplæringa. Eit treårig prosjekt om EUs opne koordineringsmetode og påverknad på politikkutforming er sett ut til Arena – Senter for Europaforsking ved Universitetet i Oslo.
Resultatmål for 2005
Hovudmålet vil vere å få eit betre kunnskapsgrunnlag for vidare utvikling av utdannings- og forskingspolitikken.
Budsjettforslag for 2005
Departementet foreslår at løyvinga førast vidare på same nivå som i 2004.
Programkategori 07.50 Vaksenopplæring, folkehøgskolar og fagskoleutdanning
Utgifter under programkategori 07.50 fordelte på kapittel
(i 1 000 kr) | |||||
---|---|---|---|---|---|
Kap. | Nemning | Rekneskap 2003 | Saldert budsjett 2004 | Forslag 2005 | Pst. endr. 04/05 |
0251 | Fagskoleutdanning | 110 620 | 266 187 | 266 187 | 0,0 |
0253 | Folkehøgskolar | 507 107 | 508 972 | 535 492 | 5,2 |
0254 | Tilskott til vaksenopplæring (jf. kap. 3254) | 1 040 549 | 197 368 | 184 388 | -6,6 |
0256 | VOX - Vaksenopplæringsinstituttet (jf. kap. 3256) | 66 176 | 60 918 | 54 035 | -11,3 |
0258 | Forsking, utviklingsarbeid og fellestiltak i vaksenopplæringa | 60 260 | 47 545 | 38 397 | -19,2 |
0259 | Kompetanseutviklingsprogrammet | 41 384 | 35 718 | 35 700 | -0,1 |
Sum kategori 07.50 | 1 826 097 | 1 116 708 | 1 114 199 | -0,2 |
Budsjettforslaget for kategori 07.50 utgjer 1 114 mill. kroner. Det er ein reduksjon på om lag 2,5 mill. kroner i høve til saldert budsjett 2004. Ein reduksjon på om lag 8 mill. kroner skriv seg frå tekniske endringar, sjå omtale under det einskilde kapittel.
Inntekter under programkategori 07.50 fordelte på kapittel
(i 1 000 kr) | |||||
---|---|---|---|---|---|
Kap. | Nemning | Rekneskap 2003 | Saldert budsjett 2004 | Forslag 2005 | Pst. endr. 04/05 |
3254 | Tilskott til vaksenopplæring (jf. kap. 254) | 9 329 | |||
3256 | VOX - Vaksenopplæringsinstituttet (jf. kap. 256) | 14 488 | 10 928 | 8 818 | -19,3 |
Sum kategori 07.50 | 23 817 | 10 928 | 8 818 | -19,3 |
Budsjettforslaget for kategori 07.50 utgjer 8,8 mill. kroner. Det er ein reduksjon på om lag 2 mill. kroner i høve til saldert budsjett 2004. Reduksjonen skuldast at forskingsavdelinga ved Vox er overført til Noregs teknisk-naturvitskapelege universitet, sjå omtale under kap. 3256.
Mål: Å medverke til livslang læring
Norsk arbeids- og samfunnsliv er i kontinuerleg endring. Det blir stilt stadig høgare krav til omstillingsevne, utvikling, kvalitet og effektivitet, noko som gir auka behov for at befolkninga oppdaterer og oppgraderar sine kunnskapar og dugleiker livet igjennom. Noreg har derfor, som andre europeiske land, satt livslang læring høgt på dagsorden. Læring i arbeidslivet og på private arenaer er, i tillegg til læring i førskolealder og gjennom formell skolegang, sentralt for å realisere livslang læring. Kompetansereforma har vore Noreg si satsing på dette feltet. Sidan 1999 har Regjeringa og partane i arbeidslivet samarbeidd om å møte sentrale utfordringar knytte til vaksne si læring, nedfelte i Handlingsplanen for Kompetansereforma (1999–2003). Resultata av tiltaka og målsetjingane i denne planen er no samanstilte i rapporten «Sammenstilling av tiltak og resultater knyttet til Handlingsplanen for Kompetansereformen», og departementet har vurdert om måla er nådde. Vurderinga er gjord på bakgrunn av ei rekkje eksterne prosjektrapportar og evalueringar. Samanstillingsrapporten konkluderer med at reforma er vellukka i den forstand at ei rekkje rettar og systemendringar er på plass. Dette er føresetnader for å verkeleggjere livslang læring, men det er ikkje tilstrekkeleg for å utvikle eit læringsintensivt samfunn. I det vidare arbeidet med kompetansepolitikken vil Regjeringa leggje vekt på kompetanseutvikling som drivkraft for verdiskaping, innovasjon og personleg utvikling.
Læring gjennom dagleg arbeid blir stadig meir sentralt i kompetansepolitikken. Regjeringa har eit omfattande samarbeid med partane i arbeidslivet om utfordringar og behov på dette feltet. Gjennom utarbeidinga av dokumentet «Kompetanse 2010» våren 2004 vart det lagt eit godt grunnlag for vidare politikkutforming, jf. arbeidet omtala i hovudinnleiinga.
I mars 2004 arrangerte departementet eit møte i «Forum for kompetanse og arbeidsliv» der tema var grenseflatene mellom kompetansepolitikken og politikkområda arbeidsmarknad, sosial- og trygdesystemet, næringsutvikling og innovasjon. Dette møtet gav grunnlag for å gå vidare med arbeidet. Regjeringa har som målsetjing å få til betre samordning av desse områda, slik at vilkåra for læring og bruk av kompetanse kan utviklast vidare til nytte både for samfunnet og for det einskilde mennesket.
Under kategori 07.50 er det samla fleire tilskottsordningar som medverkar til eit breitt og omfattande opplæringstilbod – både innanfor og særleg utanfor det formelle opplæringssystemet. I eit mangfaldig samfunn der individuelle ønske og behov er sterkt varierande, er det også behov for ulike typar opplæringstilbod som kan gi fleksible og tilpassa opplegg. Regjeringa arbeider for at livslang læring skal bli ein realitet for alle, uavhengig av sosiale og økonomiske forhold, geografisk bustad, kjønn og alder. Tilskottsordningane til folkehøgskole, fjernundervisning og studieforbund medverkar til dette ved å vere supplement og alternativ til den læring som finn stad gjennom formell utdanning og arbeid. I tillegg medverkar fagskoleutdanninga til at det formelle utdanningssystemet kan tilby utdanningssøkjarar eit alternativ til lengre akademiske utdanningar.
Stortinget skal handsame forslag om endringar i friskolelova hausten 2004, jf. Ot.prp. nr. 64 (2003–2004). Forslaget inneber mellom anna at det vert innført ein rett til godkjenning av frittståande vidaregåande skolar for søkjarar som oppfyller krava i lova. Dette vil innebere at også til dømes studieforbund og fjernundervisningsinstitusjonar som oppfyller dei krava som friskolelova set, kan søkje om å starte friskole. Sjå omtale under kap. 228 post 71.
Det blir stadig viktigare å kunne dokumentere den kunnskapen og kompetansen ein har tileigna seg på ulike læringsarenaer. Samanlikna med andre land har Noreg komme langt i å gi vaksne høve til å få dokumentert realkompetansen sin, og eit nasjonalt system for dette er etablert. Vox, i samarbeid med frivillig sektor og partane i arbeidslivet, arbeider vidare for å betre systemet. Noreg medverkar også aktivt internasjonalt i utviklinga av felles europeiske prinsipp for verdsetjing og dokumentasjon av kvalifikasjonar. Det er viktig at det nasjonale arbeidet blir knytt nært til dei aktuelle europeiske prosessane for betre kvalitet og mobilitet i utdanningssystem og arbeidsliv.
Det har i nokre samanhengar vorte peika på at økonomi kan vere eit avgjerande hinder for at personar kan delta i opplæring. I Innst. S. nr. 197 (2003–2004) ber Stortinget Regjeringa ta eit initiativ overfor partane i arbeidslivet for å setje i verk konkrete forsøksprosjekt for finansiering av livsopphald under utdanning. Departementet har vore i dialog med partane, og dei er samde om å utvikle og gjennomføre slike prøveprosjekt innanfor rammene av Kompetanseutviklingsprogrammet, sjå nærmare omtale under kap. 259. I innstillinga ber òg Stortinget Regjeringa vurdere om inntektssystemet til fylkeskommunar i tilstrekkeleg grad fangar opp det ansvaret fylkeskommunane har for vaksne sin rett til vidaregåande opplæring. Denne vurderinga inngår som del av Borge-utvalet si vurdering av inntektssystemet for kommunal sektor, jf. St.prp. nr. 1 (2003–2004) for Kommunal- og regionaldepartementet.
Mål: Auka kunnskap om læring og kompetanseutvikling
I 2004 har vi fått auka kunnskap om kva som gir god læring og korleis rammevilkåra for læring, blir opplevde av befolkninga. Både evalueringa av Kompetanseutviklingsprogrammet, Lærevilkårsmonitoren og Vox-barometeret peikar i same retning når det gjeld desse spørsmåla. Eit stort fleirtal av deltakarane i desse undersøkingane seier at dei ønskjer å lære gjennom korte kurs eller praktisk erfaring knytt til arbeidet deira. Lengre formelle utdanningar er mindre etterspurde. Det er til dels store variasjonar mellom bransjar, både når det gjeld høve til å lære gjennom arbeidet, og kor godt dei tilsette opplever at deira kompetanse blir nytta av arbeidsgivaren. Lærevilkårsmonitoren viser mellom anna at tilsette i utdanningssektoren og helsesektoren opplever at dei lærer mindre gjennom sitt daglege arbeid enn tilsette med tilsvarande utdanningsnivå i andre bransjar. Ein kan derfor spørje om desse sektorane i tilstrekkeleg grad blir utnytta som læringsarena. Departementet vil medverke til å finansiere gjennomføring av ein ny lærevilkårsmonitor i 2005, jf. kap. 258.
Departementet vil halde fram med å utvikle kunnskapsgrunnlaget for politikkutforming når det gjeld livslang læring. Gjennom Kompetansereforma har vi fått auka kunnskap om tradisjonell kursopplæring og etter- og vidareutdanning, men det er framleis mange opne spørsmål knytte til læring i arbeidslivet og på private arenaer. Derfor vil departementet i 2005 satse særleg på å utvikle datagrunnlag som gjer det mogleg å analysere også denne delen av kunnskapssamfunnet.
Det er eit mål at både den einskilde og norske verksemder skal ha tilgang til relevant informasjon om læringshøve, opplæringstilbod, rettar og rammevilkår. I 2004 har Vox arbeidd med dette på fleire måtar, sjå kap. 256 og kap. 258, og arbeidet tyder på at det er stort behov for både informasjon og rettleiing. Vox skal halde fram som rettleiar og støttespelar for offentlege og private verksemder, og særleg for leiarane i verksemdene, slik at dei får auka sin kompetanse på dette feltet og dermed betre kan arbeide for å vidareutvikle arbeidsplassen sin som ein god læringsarena.
Det står framleis att fleire utfordringar knytte til livslang læring, og Regjeringa vil i 2005 styrkje arbeidet for ein kompetansepolitikk som omfattar både utdanning, arbeidsliv, forsking og næringsutvikling. Sentralt her er å auke kunnskapen om kva som gir god læring, og om dei samfunnsmessige effektane av investering i humankapitalen. Arbeidet tek sikte på å utforme ein ny dagsorden for kompetansepolitikken, sjå nærmare omtale i hovudinnleiinga.
Kap. 251 Fagskoleutdanning
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2003 | Saldert budsjett 2004 | Forslag 2005 |
70 | Teknisk fagskole | 110 620 | 266 187 | 266 187 |
Sum kap. 251 | 110 620 | 266 187 | 266 187 |
Post 70 Teknisk fagskole
Fagskoleutdanning er tilbod som byggjer på vidaregåande opplæring eller tilsvarande realkompetanse, og har eit omfang tilsvarande minimum eit halvt og maksimum to studieår på heiltid. Formålet med tilskottsordninga er å utvikle kortare, meir fleksible og arbeidsmarknadsretta utdanningar og yte tilskott til fylkeskommunar som gir tilbod om teknisk fagskole.
Talet på studentar har auka dei siste åra, etter fleire år med nedgang i studenttalet. Hausten 2003 vart finansieringa lagt om frå rammefinansiering via fylkeskommunane til tilskott per student i eiga ordning. I undervisningsåret 2001–02 var det om lag 2 700 studentar i teknisk fagskole på landsbasis. Frå hausten 2003 auka talet på studentar til 3 160, og vidare til 3 320 i undervisningsåret 2003–04. Departementet er nøgd med at omlegginga har medverka til at fleire får teke del i dette opplæringstilbodet.
Frå 1. januar 2004 fekk Nasjonalt organ for kvalitet i utdanninga (NOKUT) ansvar for godkjenning av fagskoleutdanningar. Retningslinjene for godkjenninga vart ferdige våren 2004, og NOKUT har byrja arbeidet med å godkjenne utdanningane. For teknisk fagskole gjeld ei overgangsordning i høve til godkjenning. Alle tekniske fagskolar må likevel vere godkjende av NOKUT frå og med hausten 2006.
Departementet foreslår å vidareføre løyvinga på same nominelle nivå som i 2004.
Kap. 253 Folkehøgskolar
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2003 | Saldert budsjett 2004 | Forslag 2005 |
21 | Særskilde driftsutgifter | 2 508 | 2 572 | |
60 | Tilskott til fylkeskommunale folkehøgskolar , kan nyttast under post 70 | 50 934 | ||
70 | Tilskott til folkehøgskolar | 453 665 | 506 400 | 528 585 |
71 | Tilskott til Folkehøgskolerådet | 6 307 | ||
72 | Tilskott til nordiske folkehøgskolar | 600 | ||
Sum kap. 253 | 507 107 | 508 972 | 535 492 |
I høve til saldert budsjett 2004 er det gjort følgjande tekniske endringar:
Post 21 er nedjustert med kr 380 000 i samband med at midlar til finansiering av statistikk er overført til kap. 258 post 21.
Post 70 er justert opp med kr 445 000 i samband med omlegging av ordninga med differensiert arbeidsgivaravgift.
Resterande løyving på post 21 er overført til postane 70 og 71.
Det er oppretta ny post 71 Tilskott til Folkehøgskolerådet. Løyvinga på post 71 er overført frå postane 21 og 70.
Det er oppretta ny post 72 Tilskott til nordiske folkehøgskolar. Løyvinga på post 72 er overført frå post 70.
Formålet med endringane i poststrukturen er å synleggjere kva for utgifter midlane på kapitlet dekkjer.
Post 21 Særskilde driftsutgifter
Posten går ut frå 2005. Midlar til dekning av SSBs utarbeiding av statistikk for folkehøgskolane går inn i kapittel 258 post 21. Resten av midlane på posten blir overført til kapittel 253 post 70 og ny post 71.
Post 70 Tilskott til folkehøgskolar
Posten omfattar det statlege driftstilskottet til folkehøgskolane. Posten omfattar òg ekstra tilskott til fire folkehøgskolar med høg del funksjonshemma elevar.
Ei ny tilskottsordning trådde i kraft 1. januar 2004, etter at ny folkehøgskolelov med forskrifter tok til å gjelde 1. januar 2003. Den nye tilskottsmodellen omfattar basistilskott, tilskott per elev og tilskott til husleige. Særtilskottet til dei fire folkehøgskolane Ål, Soltun, Peder Morset og Lundheim, som har høg del funksjonshemma elevar, har òg fått ny innretning frå 2004. Endringane inneber at særtilskottet i større grad speglar den faktiske aktiviteten ved dei fire skolane, samt at ordninga har vorte forenkla og meir oversiktleg.
Målsetjing
Formålet med tilskottsordninga er å medverke til at det kan bli oppretta og drive folkehøgskolar. I tråd med lova er formålet med folkehøgskolen å fremje allmenndanning og folkeopplysning.
Rapport for 2003–04
I skoleåret 2003–04 har folkehøgskolane ført vidare arbeidet med å følgje opp den nye folkehøgskolelova med forskrifter. Dei nye reglane inneber mellom anna at kvar folkehøgskole skal utarbeide ein årleg sjølvevalueringsrapport. Folkehøgskolane sende inn sjølvevalueringsrapport til departementet for første gong i juni 2004.
Elevtal i folkehøgskolane 1999–2003
År | 1999 | 2000 | 2001 | 2002 | 2003 |
---|---|---|---|---|---|
Elevar langkurs (vår og haust) – 16,5–33 veker | 12 907 | 12 302 | 11 252 | 11 878 | 12 662 |
Elevar kortkurs – 3 dagar–16 veker | 16 685 | 16 844 | 19 083 | 20 727 | 20 709 |
Sum elevar | 29 592 | 29 146 | 30 335 | 32 605 | 33 371 |
Årselevar langkurs | 6 608 | 6 358 | 6 161 | 6 260 | 6 331 |
Årselevar kortkurs | 693 | 758 | 897 | 1 049 | 1 045 |
Sum årselevar | 7 301 | 7 116 | 7 058 | 7 309 | 7 376 |
Sum godkjende årselevar /fastsett elevtal | 7 247 | 7 061 | 6 999 | 7 112 | 7 245 |
Tilskottselevar | 6 969 | 7 117 | 7 247 | 7 280 | 7 172 |
Kilde: 1998–2001: Departementet sitt informasjonssystem for folkehøgskolen. Frå 2001: SSB.
Søkninga til folkehøgskolen held seg jamt bra med små svingingar samla sett, men den varierer ein del mellom dei einskilde skolane og mellom landsdelane.
Det er særleg talet på deltakarar på kortkurs som har auka dei siste åra. Departementet vil gjennomføre ei evaluering av kortkursverksemda ved folkehøgskolane hausten 2004. Evalueringa skal gi informasjon om ordninga oppfyller målsetjingane.
Budsjettforslag for 2005
Budsjettforslaget inneber ein auke i løyvinga på 10 mill. kroner i høve til 2004.
Post 71 Tilskott til Folkehøgskolerådet
Posten omfattar driftstilskott til Folkehøgskolerådet. I tillegg omfattar posten midlar til fleire tiltak som Folkehøgskolerådet fordeler til folkehøgskolane, det vil seie midlar til pedagogisk utviklingsarbeid, reisestipend til personalet i folkehøgskolen, dekning av vikarutgifter for tillitsvalde, sentralt tillitsmannsarbeid og til innstilling til fordeling av husleigetilskottet.
Post 72 Tilskott til nordiske folkehøgskolar
Posten omfattar tilskott til dei nordiske folkehøgskolane i Kungälv og Genève. Dei to nordiske folkehøgskolane har i ei årrekkje fått tilskott over kap. 253 post 71. Departementet foreslår at det blir oppretta ein eigen budsjettpost til desse tiltaka.
Departementet foreslår tilskott på kr 400 000 til Kungälv og kr 200 000 til Genève i 2005. Dette er same nivå som i 2004.
Kap. 254 Tilskott til vaksenopplæring (jf. kap. 3254)
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2003 | Saldert budsjett 2004 | Forslag 2005 |
60 | Tilskott til norskopplæring for innvandrarar | 822 942 | ||
70 | Tilskott til studieforbund | 181 294 | 164 448 | 155 883 |
71 | Tilskott til fjernundervisning | 20 000 | 15 720 | 10 720 |
72 | Tilskott til kvinneuniversiteta, Norsk fredssenter og Studiesenteret Finnsnes | 7 613 | 7 887 | 8 155 |
73 | Tilskott til vaksenopplæringsorganisasjonar | 8 700 | 9 313 | 9 630 |
Sum kap. 254 | 1 040 549 | 197 368 | 184 388 |
Kapitlet omfattar tilskott til:
studieforbund
frittståande fjernundervisningsinstitusjonar
kvinneuniversiteta, Norsk fredssenter og Studiesenteret Finnsnes
vaksenopplæringsorganisasjonar
Post 60 Tilskott til norskopplæring for innvandrarar
Kommunal- og regionaldepartementet overtok tilskottsordninga for norskopplæring for innvandrarar 1. januar 2004 og har no det administrative og økonomiske ansvaret for ordninga. Utdannings- og forskingsdepartementet har framleis ansvar for den faglege og pedagogiske delen av opplæringa, mellom anna utvikling av læreplanar.
Formålet med tilskottsordninga er å medverke til at kommunane tilbyr vaksne innvandrarar norskopplæring som gir tilstrekkelege kunnskapar til vidare utdanning, yrkes- og samfunnsdeltaking.
Sidan timegrensene vart utvida i 1998, har deltakinga i opplæringa auka kvart år fram til og med 2002. I 2003 var det nedgang i deltakartala, noko som truleg skuldast at vaksne asylsøkjarar ikkje lenger får gratis opplæring i norsk med samfunnskunnskap.
Det var over 5 000 fleire kvinner enn menn som tok del i opplæringa i 2003. Dette er nesten fire gonger meir enn året før, da det var 1 300 fleire kvinner enn menn. Auken har samanheng med at det har vore langt fleire menn enn kvinner blant asylsøkjarane. Når asylsøkjarar ikkje lenger får undervisning, aukar kvinnefleirtalet blant dei som får opplæring. Om lag 750 av dei som tok del i norskopplæring med samfunnskunnskap, fekk òg grunnskoleopplæring for vaksne. I denne opplæringa var det like mange kvinner som menn.
Post 70 Tilskott til studieforbund
Formålet med tilskottsordninga er å medverke til at studieforbunda og medlemsorganisasjonane deira kan tilby fleksibel og brukartilpassa opplæring for vaksne.
I 2003 var det i alt 23 studieforbund som etter lov om vaksenopplæring var godkjende med rett til statstilskott. Med meir enn 400 medlemsorganisasjonar femnar studieforbunda om eit vidt spekter av interesser. Studieforbunda gir tilbod innanfor ei rekkje emneområde og fag, der handverk og estetiske fag er sterkt dominerande. Dei kan òg gi formell kompetansegivande utdanning. Om lag 20 000 vaksne deltek i vidaregåande opplæring i regi av studieforbund kvart år, og tilsvarande 12 000 i høgare utdanning.
Sjølv om kurstala var reduserte i 2003, var det ni pst. fleire kursdeltakarar enn året før. Dette tyder på at talet på deltakarar per kurs har auka. Tal frå SSB viser at dei over 700 000 deltakarane fordeler seg jamt på både kjønn og alder, noko som tyder på at studieforbunda sine opplæringstilbod er etterspurde av ulike grupper.
Departementet har gjennomført ei undersøking om kva som kjenneteiknar dei som deltek i opplæring i regi av studieforbund. Undersøkinga syner at samanlikna med dei som har delteke i andre typar opplæring, bor studieforbundsdeltakarane i større grad utanfor dei store byane. På spørsmål om val av kursarrangør svarer heile 40 pst. at dei valde studieforbund fordi det var einaste alternativ på deira heimplass. Dette kan tyde på at studieforbund når personar som av geografiske årsaker har mindre høve til læring enn andre. Studieforbund skil seg òg noko frå andre tilbydarar ved at dei har større del eldre deltakarar. Når det gjeld utdannings- og inntektsnivå, viser derimot undersøkinga at studieforbund, i likskap med all anna form for læring, har flest deltakarar som skårar høgt på desse variablane.
Budsjettforslaget inneber at løyvinga nominelt blir redusert med 8,6 mill. kroner.
Post 71 Tilskott til fjernundervisning
Formålet med tilskottet til dei frittståande fjernundervisningsinstitusjonane er å gi vaksne høve til å skaffe seg grunnutdanning eller etter- og vidareutdanning som er tilpassa livssituasjonen deira.
I 2003 mottok 12 frittståande fjernundervisningsinstitusjonar statstilskott, og dei gav opplæring til om lag 20 000 deltakarar. Talet på personar som har fullført kurs, er nesten halvert frå 1999, og det var òg stor nedgang i kursfullføringar og studietimar frå 2002 til 2003. Sjølv om rundt 50 pst. av deltakarane tok kurs på vidaregåande opplæringsnivå, var det på dette nivået 40 pst. nedgang i normerte studietimar frå 2002. Flest normerte studietimar var det på universitets- og høgskolenivå.
Bruk av IKT som læremetode og i kommunikasjon mellom lærar og deltakar har auka noko frå 2002 og fram til i dag, men framleis er ordinær brevinnsending den mest vanlege kommunikasjonsforma.
Budsjettforslaget inneber at løyvinga nominelt blir redusert med 5 mill. kroner.
Post 72 Tilskott til kvinneuniversiteta, Norsk fredssenter og Studiesenteret Finnsnes
Tilskottet skal medverke til drift av Kvinneuniversitetet på Løten, Kvinneuniversitetet Nord, Norsk fredssenter og Studiesenteret på Finnsnes, slik at desse institusjonane kan tilby kurs og andre vaksenopplæringstiltak som alternativ eller supplement til opplæring ved andre institusjonar.
Kvinneuniversiteta arbeider for at utdanningstilbod skal bli gitte i distrikta, og særleg for å ivareta kvinner sine interesser. Dei har i 2003 drive prosjekt- og utviklingsarbeid og arrangert kurs og seminar på ulike nivå i og utanfor det formelle opplæringssystemet.
Norsk fredssenter skal m.a. arbeide for fred, nedrusting og miljø, og arrangerte i 2003 kurs og seminar om desse emna retta mot ulike målgrupper. Aktivitetane vart gjennomførte av senteret i samarbeid med andre organisasjonar.
Ved Studiesenteret på Finnsnes vart det i 2003 gjennomført fleire studiar i samarbeid med høgskolane i Troms og Finnmark. I tillegg har senteret arrangert kurs i ulike emne, spesielt retta mot deltakarar frå dei nordlege fylka.
Departementet forslår å vidareføre løyvinga på same nivå som i 2004, med følgjande fordeling av tilskottet:
Tilskottsmottakar | Tilskott i kr |
---|---|
Kvinneuniversitetet Nord, Fylkesmannen i Nordland | 2 361 720 |
Kvinneuniversitetet på Løten, Fylkesmannen i Hedmark | 2 044 000 |
Norsk fredssenter | 632 440 |
Studiesenteret på Finnsnes | 3 116 840 |
Post 73 Tilskott til vaksenopplæringsorganisasjonar
Formålet med tilskottet er å medverke til drift av fellesorgana for studieforbunda og fjernundervisningsinstitusjonane; Vaksenopplæringsforbundet (Vofo) og Norsk forbund for fjernundervisning (NFF), samt til det internasjonale fellesorganet International Council for Open and Distance Education (ICDE). Organisasjonane skal utføre fellesoppgåver for medlemsorganisasjonane overfor departementet, og fremme kunnskap om og utvikling av fagområda.
Vofo er eit felles interesse- og serviceorgan for studieforbunda og har regionale ledd i alle fylka. Organisasjonen tek aktivt del i arbeid nasjonalt og internasjonalt. Vofo har mellom anna hovudansvaret for gjennomføring av uka for vaksnes læring, som i 2003 hadde temaet Livslang læring.
NFF er eit felles interesse- og serviceorgan for dei frittståande fjernundervisningsinstitusjonane. NFF utfører mellom anna kvalitetssikring av statistikk- og dokumentasjonsordningar og normering av studietilbod.
Både NFF og Vofo tek del i ulike forum i Kompetansereforma og i samarbeidsprosjekt mellom dei to fellesorgana.
ICDE er ein internasjonal organisasjon for samarbeid, kommunikasjon og utvikling innanfor fjernundervisning og virtuell læring. ICDE har hovudkontoret sitt i Noreg.
Departementet foreslår å vidareføre løyvinga på same nivå som i 2004, med følgjande fordeling av tilskottet:
Tilskottsmottakar | Tilskott i kr |
---|---|
Vaksenopplæringsforbundet | 1 913 400 |
Norsk forbund for - fjernundervisning | 1 483 550 |
International Council for Open and Distance Education | 6 233 050 |
Kap. 3254 Tilskott til vaksenopplæring (jf. kap. 254)
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2003 | Saldert budsjett 2004 | Forslag 2005 |
04 | Refusjon av ODA-godkjende utgifter | 9 329 | ||
Sum kap. 3254 | 9 329 |
Løyvinga er overført til Kommunal- og regionaldepartementet frå 1. januar 2004.
Kap. 256 VOX - Vaksenopplæringsinstituttet (jf. kap. 3256)
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2003 | Saldert budsjett 2004 | Forslag 2005 |
01 | Driftsutgifter | 50 406 | 46 940 | 41 960 |
21 | Særskilde driftsutgifter | 15 770 | 13 978 | 12 075 |
Sum kap. 256 | 66 176 | 60 918 | 54 035 |
I høve til saldert budsjett 2004 er det gjort følgjande tekniske endringar:
Post 01 er nedjustert med 6,5 mill. kroner og post 21 er nedjustert med 2,4 mill. kroner i samband med at forskingsavdelinga ved Vox er overført til Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet.
Post 01 driftsutgifter er oppjustert med kr 104 000 som kompensasjon for innføring av elavgift, jf. Innst. S. nr. 250 (2003–2004).
Post 01 Driftsutgifter og post 21 Særskilde driftsutgifter
Kapitlet gjeld midlar til drift av Vox. Vox skal vere ein nasjonal pådrivar for vaksne si læring. Vox skal utvikle, analysere og formidle kunnskap om vaksne si læring for å møte kompetansebehovet i arbeidslivet og hos det einskilde mennesket. Vox er organisert med eige styre med representantar frå næringslivet og sentrale aktørar i Kompetansereforma.
Resultatrapport for 2003–04
Det siste året har Vox gjennomført fleire endringar for å tilpasse organisasjonen betre til oppgåvene. Mellom anna er forskingsavdelinga overført til NTNU, og ei ny analyseeining er etablert for å styrkje den analytiske kompetansen.
I 2003–04 har ei overordna målsetjing for Vox vore å skape varige verknader av Kompetansereforma. Det er teke initiativ til regionale og lokale kompetansenettverk der aktørar som fylkeskommunen, Aetat, trygdekontor, verksemder og utdanningstilbydarar samarbeider. I samband med større nedbemanningar/omorganiseringar gir Vox òg råd til verksemder om vaksne sin rett til realkompetansevurdering og utdanning. Vox har nytta ulike verkemiddel for å synleggjere resultata frå Kompetansereforma, mellom anna rapportar, erfaringsseminar, vevbasert informasjon, brosjyrar og kampanjar. Talet på samtalar på informasjonstenesten Grøn linje er nær dobla frå hausten 2003 til våren 2004, noko som tyder på at kjennskapen til Kompetansereforma har auka.
Ei ny analyse- og dokumentasjonseining har vorte etablert for å samle statistisk materiell og identifisere problemstillingar innanfor feltet. Som eit ledd i dette er det oppretta ei halvårleg kunnskapsspørjing, Vox-barometeret. I 2004 har Vox-barometeret mellom anna kartlagt motivasjon for og utbytte av opplæring, arbeidsplassen som læringsstad, vaksne sin kjennskap til realkompetansevurdering og arbeidsgivarane sin kjennskap til introduksjonslova for innvandrarar. Dette er eit verdifullt kunnskapsgrunnlag som departementet kan nytte i arbeidet med vidareutvikling av kompetansepolitikken, jf. hovudinnleiinga.
På oppdrag frå departementet driftar og utviklar Vox nasjonale kompetanseutviklingstiltak, m.a. Kompetanseutviklingsprogrammet (KUP), og prosjekt om realkompetanse, IKT og minoritetar, sjå nærmare omtale under kap. 258 og 259. Prosjektdatabasen som Vox utvikla i 2003, gir informasjon om prosjekta og resultata av desse lett tilgjengeleg for interesserte, og medverkar dermed til spreiing av erfaringar. Databasen har om lag 7 000 treff per månad.
Resultatmål for 2005
I 2005 skal Vox arbeide vidare som nasjonal pådrivar for vaksne si læring i og utanfor arbeidslivet, og ha som overordna målsetjing å medverke til livslang læring. Vox skal gi departementet og samarbeidspartnarar informasjon og kunnskap om viktige problemstillingar på feltet, og arbeide med å utvikle inkluderande læringskulturar for vaksne.
Vox skal gjennom å identifisere, analysere og formidle kunnskap medverke til kvalitetsutvikling av vaksne si læring og gi råd til departementet innanfor sentrale fagfelt. Vox skal ta hand om nasjonale kompetanseutviklingstiltak og gi støtte og rettleiing i lokalt utviklingsarbeid. Vidare skal Vox etablere nye og drifte eksisterande nettverk nasjonalt og internasjonalt. For å spreie erfaringar og overføre kunnskap, skal dialog med relevante aktørar og deltaking i samarbeidsprosjekt stå sentralt. Vox skal leggje vekt på læring i arbeidslivet, fleksible læringsarenaer, rekne-, lese- og skrivedugleik, integrering av innvandrarar og bruk av IKT.
Budsjettforslag for 2005
Departementet forslår å vidareføre løyvinga på same nivå som i 2004.
Løyvinga på post 01 kan overskridast mot tilsvarande meirinntekter på kap. 3256 post 02, jf. forslag til vedtak II nr. 1. Løyvinga på post 21 kan overskridast mot tilsvarande meirinntekter frå oppdragsverksemd, jf. forslag til vedtak II nr. 2.
Kap. 3256 VOX - Vaksenopplæringsinstituttet (jf. kap. 256)
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2003 | Saldert budsjett 2004 | Forslag 2005 |
01 | Inntekter frå oppdrag | 11 616 | 9 863 | 7 820 |
02 | Salsinntekter o.a. | 940 | 1 065 | 998 |
15 | Refusjon for arbeidsmarknadstiltak | 71 | ||
16 | Refusjon av fødselspengar/adopsjonspengar | 709 | ||
18 | Refusjon av sjukepengar | 1 152 | ||
Sum kap. 3256 | 14 488 | 10 928 | 8 818 |
I høve til saldert budsjett 2004 er post 01 nedjustert med 2,4 mill. kroner og post 02 nedjustert med 0,1 mill. kroner i samband med overføring av forskingsavdelinga ved Vox til Noregs teknisk-naturvitskapelege universitet.
Inntektene på post 01 kjem frå oppdragsverksemd ved Vox.
Inntektene på post 02 kjem mellom anna frå sal av læremateriell.
Kap. 258 Forsking, utviklingsarbeid og fellestiltak i vaksenopplæringa
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2003 | Saldert budsjett 2004 | Forslag 2005 |
21 | Særskilde driftsutgifter | 60 260 | 47 545 | 38 397 |
Sum kap. 258 | 60 260 | 47 545 | 38 397 |
Post 21 er justert opp med kr 380 000 i samband med at midlar til utarbeiding av folkehøgskolestatistikk er overført frå kap. 253 post 21.
Post 21 Særskilde driftsutgifter
Løyvinga skal medverke til å gi eit breitt og godt grunnlag for å vurdere korleis utfordringane i kompetansepolitikken kan og bør møtast. Departementet nyttar kunnskap opparbeidd gjennom Kompetansereforma og Kompetanseberetninga for Noreg i vurdering av kva for prosjekt og undersøkingar som skal prioriterast.
Resultatrapport for 2003–04
Departementet har gjennom det siste året opparbeidd seg eit breitt kunnskapsgrunnlag om livslang læring, særleg når det gjeld kompetanseutvikling gjennom kurs og formell etter- og vidareutdanning. Undersøkingar av arbeidsplassen som læringsarena har òg vore sentralt, men framleis er det mange opne spørsmål på det feltet.
Vox gjennomfører i 2003–05 ei undersøking om vaksne i grunnskole og vidaregåande opplæring. Resultata viser at det hausten 2003 totalt gjekk 21 200 vaksne med rett til vidaregåande opplæring i dei fylkeskommunale tilboda. Det er store variasjonar i deltakartal mellom fylkeskommunane, og dei ser ikkje ut til å ha samanheng med folketal og utdanningsnivå. Dei fylkeskommunane som har flest vaksne under opplæring, er òg dei som har flest i kø for å ta slik utdanning. Undersøkinga viser òg at vaksne stort sett får tilrettelagde tilbod, og dette er i tråd med målsetjingane. Men det er framleis store utfordringar knytte til å bruke realkompetansevurdering meir konsekvent. Hausten 2003 var det på landsbasis 1 400 vaksne søkjarar med rett til vidaregåande opplæring som venta på tilbod, og den gjennomsnittlege ventetida var mellom null og seks månader. Vox arbeider vidare med å undersøkje forholda rundt vaksne i grunnskolen. Dei endelege resultata frå prosjektet kjem våren 2005.
Sidan dei fleste vaksne i vidaregåande opplæring får opptak via vaksenopplæringsvegen, blir dei ikkje registrerte i den generelle søkjarstatistikken. Søkjartala, som viser nedgang i talet på vaksne som deltek i fylkeskommunal vidaregåande opplæring, seier derfor lite om den reelle deltakinga i opplæringa. Rapporteringssystema er heller ikkje gode nok til å gi eit differensiert bilete av vaksne i tilrettelagde og avkorta opplæringstiltak. SSB arbeider med å betre statistikken for at han skal gi riktig informasjon som omfattar alle vaksne.
Noreg tek del i OECD-undersøkinga ALL (Adult Literacy and Lifeskills Survey). ALL er ei vidareføring av ei omfattande kartlegging av lesedugleiken og talforståinga til vaksne som tidlegare er gjennomført i 21 land. Resultata vil vere klare i februar 2005, og vil gi oss komparative data med andre land, mellom anna indikasjonar på kva for grupper i samfunnet som treng oppgradering av desse typane av kompetanse.
Vox har i 2003–04 vidareutvikla systemet for realkompetanse, og drive rettleiingsarbeid overfor fylkeskommunane. I samarbeid med partane i arbeidslivet er det under utvikling ein nasjonal mal for dokumentasjon av uformell og ikkje formell kompetanse opparbeida i arbeidslivet. Dokumentasjonen kallast Kompetansepasset, og er tilpassa Europass, som er den felles europeiske malen for dokumentasjon av kompetanse. Noreg har òg vore aktiv medspelar i utviklinga av dei felles europeiske prinsippa for realkompetansevurdering, som vart vedteke i EU våren 2004.
Noreg var i juni 2004 vertskap for den åttande uformelle ministerkonferansen om utdanning. Temaet var livslang læring som del av den såkalla Lisboa-prosessen. Konferansen var vellukka, og mykje tyder på at dei faglege konklusjonane frå møtet vil prege debatten vidare både i felles europeiske fora og i arbeidet her heime. Ein konferanse av denne typen er med på å setje fokus på temaet, og Noreg fekk både vist fram gode døme – som samarbeid med partane i arbeidslivet, realkompetansearbeidet, Kompetanseberetninga for Noreg og utviklinga av arbeidslivet som læringsarena – og hausta ny kunnskap frå andre europeiske land.
Med finansiering frå departementet har Fafo lagt fram den første Lærevilkårsmonitoren. Dette er eit måleinstrument for kva som gir god læring i arbeidslivet, og er ei brei utgreiing av vilkår for læring og kompetanseutvikling. Undersøkinga vart første gong gjennomført i 2003 blant personar i alderen 22–66 år. Resultata frå monitoren har vore sentrale kunnskapskjelder for departementet sitt arbeid det siste året. Gjennom Lærevilkårsmonitoren vil departementet over tid følgje utviklinga i læringsbehov, læringshøve og deltaking i opplæring.
I tillegg til dei nemnde initiativa har departementet finansiert ei rekkje mindre prosjekt og forskingsoppdrag om mellom anna kompetanseutvikling for innvandrarar, fleksibel høgare utdanning for vaksne, personar med lese- og skrivevanskar, digital kompetanse og internasjonalt samarbeid.
Resultatmål for 2005
I 2005 vil departementet arbeide særleg for å auke kunnskapen om kompetanseutvikling i arbeidslivet. Kunnskapsgrunnlaget så langt viser at denne læringsarenaen med fordel kan vidareutviklast, slik at fleire kan ta del i den læringa som går føre seg, og for at verksemder betre skal kunne utnytte kompetansen til sine tilsette. Våren 2004 sette departementet i gang eit prosjekt som skal utarbeide ein ny dagsorden for kompetansepolitikken. Prosjektet skal arbeide fram mot våren 2005, og har som målsetjing å avdekkje behov for politiske satsingar og eventuelt foreslå tiltak for å betre vilkåra for læring og for utnytting av tilgjengeleg kompetanse i arbeidslivet. Grenseflater mot andre politikkområde, samt mobilitet og samarbeid mellom utdanningssystem og arbeidsliv, vil stå sentralt. Sjå nærmare omtale i hovudinnleiinga.
I 2005 vil departementet og Vox halde fram med fleire av arbeida nemnt i rapporteringa ovanfor. Dette gjeld vidareutvikling av systemet for realkompetanse – nasjonalt og internasjonalt, spreiing av gode erfaringar om læring, motivasjon og tilretteleiing, samt særskilde tiltak for minoritetar og for digital kompetanse/IKT.
Budsjettforslag for 2005
Budsjettforslaget inneber at løyvinga nominelt blir redusert med 9,1 mill. kroner.
Kap. 259 Kompetanseutviklingsprogrammet
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2003 | Saldert budsjett 2004 | Forslag 2005 |
21 | Særskilde driftsutgifter , kan overførast | 41 384 | 35 718 | 35 700 |
Sum kap. 259 | 41 384 | 35 718 | 35 700 |
Post 21 Særskilde driftsutgifter, kan overførast
Posten gjeld tilskott til Kompetanseutviklingsprogrammet.
Kompetanseutviklingsprogrammet har som formål å utvikle marknaden for etter- og vidareutdanning gjennom å gi støtte til utviklingsprosjekt som er tilpassa behov i arbeidslivet.
Programmet skal medverke til å:
gjere private og offentlege verksemder betre i stand til å identifisere, uttrykkje og oppfylle kompetansebehova sine
vidareutvikle arenaer for samarbeid mellom aktørar i arbeidslivet og utdanningssystemet
utvikle etter- og vidareutdanning som i større grad er tilpassa behova i arbeidslivet
Vox har operatøransvaret for Kompetanseutviklingsprogrammet, og har òg nytta kompetanse frå andre fagmiljø ved vurdering av søknader og innstilling til programstyret. Programstyret er sett saman av representantar frå partane i arbeidslivet, Nærings- og handelsdepartementet og Utdannings- og forskingsdepartementet, og avgjer fordeling av midlane i programmet i høve til målsetjingar og føringar som er fastsette i programdokumentet.
Rapport for 2003–04
Kompetanseutviklingsprogrammet har delfinansiert nesten 700 utviklingsprosjekt fordelte på ulike bransjar i offentleg og privat sektor. I tillegg kjem fleire spreiingsprosjekt som i det vesentlege går ut på å overføre erfaringar og resultat av utviklingsarbeidet utover det lokale prosjektnivået. Det er i perioden 2000–04 løyvd til saman 310 mill. kroner til programmet.
I dei første åra (2000–02) satsa programmet på å stimulere og følgje opp lokalt nyskapande utviklingsarbeid. Frå og med 2003 har hovudsatsinga vore informasjons- og spreiingsarbeid med sikte på å skape varig effekt av utviklingstiltaka i programmets regi. Hausten 2003 retta programmet dessutan ei utlysing mot små og mellomstore verksemder for å nå målgrupper som tradisjonelt ikkje søkjer kompetanseheving. Denne strategien vart vidareført ved tildeling av prosjektmidlar våren 2004.
Kompetanseutviklingsprogrammet blir evaluert undervegs, og den tredje rapporten vart lagt fram hausten 2003. Evalueringa viser at programmet har medverka til å utvikle nyttige og relevante opplæringstilbod, og at mellom 30 000 og 50 000 personar så langt har fått opplæring gjennom prosjekta. Programmet har oppnådd gode resultat når det gjeld å vidareutvikle marknaden for etter- og vidareutdanning, og evalueringa konkluderer med at Kompetanseutviklingsprogrammet har vore eit vellukka samarbeidsprogram. Det er likevel grunn til å peike på at etter- og vidareutdanningsmarknaden framleis til ein viss grad er tilbydardominert.
Ein ny evalueringsrapport vart lagt fram hausten 2004, og denne støttar hovudkonklusjonane frå dei tidlegare evalueringane. Rapporten evaluerer også spreiingsstrategien. Resultata tyder på at verksemdene er lite involverte i spreiingsarbeidet, og at det er bransje- og interesseorganisasjonar som for ein stor del representerer verksemdene i dette arbeidet. Dermed blir Kompetanseutviklingsprogrammet i større grad ein møteplass enn ein marknadsplass, fordi erfaringane ikkje nyttast til kommersiell verksemd. Dette kan forsinke spreiingsarbeidet. Vidare viser evalueringa at deltakarane i prosjekta meiner at økonomiske tilskott må rettast mot verksemder og tilbydarar, og ikkje mot einskildpersonar.
Resultatmål for 2005
Både arbeidsgivar- og arbeidstakarsida i arbeidslivet ønskjer å vidareutvikle Kompetanseutviklingsprogrammet til forsøksprosjekt med modellar for finansiering av livsopphald, jf. Innst. S. nr. 197 (2003–2004) og omtale i kategoriinnleiinga. Ved å nytte Kompetanseutviklingsprogrammet til dette vil både erfaringane, kompetansen og det etablerte apparatet medverke positivt til så vel utvikling av modellar som til sjølve gjennomføringa av forsøka. Samstundes blir partane i arbeidslivet involverte gjennom programstyret, og dette vil sikre ei brei forankring gjennom heile prosessen. Departementet understrekar at kunnskap frå evalueringa av Kompetanseutviklingsprogrammet og resultat frå andre undersøkingar under Kompetansereforma bør liggje til grunn for utviklinga av modellar. Dette kunnskapsgrunnlaget omfattar mellom anna samarbeidsformer mellom arbeidslivet og opplæringstilbydarar, ulike læringsmetodar og tilpassing til varierte målgrupper. Departementet legg til grunn at programstyret for Kompetanseutviklingsprogrammet utarbeider nærmare kriterium og prosedyrar for forsøksprosjekta, og at forsøksprosjektet blir evaluert.
Samstundes med denne nye satsinga skal prosjekt som allereie er i gang følgjast opp. Departementet vil i 2005 leggje vekt på at ein skal samle og analysere kunnskap om læring på arbeidsplassen, samt utvikle nettverk på tvers av bransjar og sektorar. Det er òg sentralt å vidareføre informasjons- og spreiingsarbeidet for å oppnå ein varig effekt av prosjekta utover dei lokale verksemdene. Den pågåande evalueringa av Kompetanseutviklingsprogrammet vil halde fram.
Budsjettforslag for 2005
Departementet forslår å vidareføre løyvinga på same nominelle nivå som i 2004.
Programkategori 07.60 Høgre utdanning
Utgifter under programkategori 07.60 fordelte på kapittel
(i 1 000 kr) | |||||
---|---|---|---|---|---|
Kap. | Nemning | Rekneskap 2003 | Saldert budsjett 2004 | Forslag 2005 | Pst. endr. 04/05 |
0260 | Universitetet i Oslo | 2 778 095 | 3 012 696 | 3 178 787 | 5,5 |
0261 | Universitetet i Bergen | 1 621 776 | 1 763 386 | 1 882 391 | 6,7 |
0262 | Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet | 2 230 439 | 2 397 168 | 2 572 879 | 7,3 |
0263 | Universitetet i Tromsø | 983 359 | 1 077 008 | 1 105 136 | 2,6 |
0264 | Noregs handelshøgskole | 211 705 | 233 697 | 250 383 | 7,1 |
0265 | Arkitekthøgskolen i Oslo | 81 136 | 81 919 | 87 033 | 6,2 |
0268 | Noregs idrettshøgskole | 99 812 | 106 070 | 113 827 | 7,3 |
0269 | Noregs musikkhøgskole | 123 129 | 118 165 | 149 304 | 26,4 |
0270 | Studium i utlandet og sosiale formål for elevar og studentar | 350 064 | 307 462 | 206 798 | -32,7 |
0273 | Statlege kunsthøgskolar | 254 974 | 224 944 | 244 793 | 8,8 |
0274 | Statlege høgskolar | 7 097 526 | 6 909 470 | 7 420 304 | 7,4 |
0278 | Noregs landbrukshøgskole | 413 607 | 446 695 | 472 888 | 5,9 |
0279 | Noregs veterinærhøgskole | 319 376 | 193 636 | 200 798 | 3,7 |
0281 | Fellesutgifter for universitet og høgskolar (jf. kap. 3281) | 922 202 | 1 148 369 | 777 117 | -32,3 |
0282 | Privat høgskoleutdanning | 511 485 | 571 244 | 605 308 | 6,0 |
Sum kategori 07.60 | 17 998 686 | 18 591 929 | 19 267 746 | 3,6 |
Budsjettforslaget for kategori 07.60 utgjer 19,3 mrd. kroner. Dette er ein auke på 0,7 mrd. kroner i høve til saldert budsjett 2004. Tekniske endringar utgjer om lag 32,4 mill. kroner, jf. omtale under det einskilde kapitlet. Utanom tekniske endringar er det ein auke på 3,5 pst. under programkategori 07.60.
Inntekter under programkategori 07.60 fordelte på kapittel
(i 1 000 kr) | |||||
---|---|---|---|---|---|
Kap. | Nemning | Rekneskap 2003 | Saldert budsjett 2004 | Forslag 2005 | Pst. endr. 04/05 |
3269 | Noregs musikkhøgskole (jf. kap. 269) | 6 564 | |||
3273 | Statlege kunsthøgskolar (jf. kap. 273) | 10 205 | |||
3274 | Statlege høgskolar (jf. kap. 274) | 7 901 | |||
3279 | Noregs veterinærhøgskole (jf. kap. 279) | 140 268 | |||
3281 | Fellesutgifter for universitet og høgskolar (jf. kap. 281) | 6 283 | 10 | 10 | 0,0 |
Sum kategori 07.60 | 171 221 | 10 | 10 | 0,0 |
Budsjettforslaget for kategori 07.60 utgjer kr 10 000. Dette er uendra i høve til saldert budsjett 2004.
Vidareføring av løyvingsnivået for å gjennomføre Kvalitetsreforma er prioritert også i 2005. Regjeringa sitt forslag til budsjett inneber vidare styrking av budsjettramma for universitet og høgskolar. Den resultatbaserte undervisningsfinansieringa aukar med om lag 274 mill. kroner i høve til 2004-budsjettet for statlege og private institusjonar. Dette er midlar som kjem i tillegg til auken i den resultatbaserte utteljinga som er vidareført frå 2004-budsjettet. Regjeringa foreslår vidare å løyve om lag 86 mill. kroner til 100 nye doktorgradsstillingar frå hausten 2005 og heilårseffekt av 200 nye doktorgradsstillingar som vart tildelte i 2004.
Samla løyving til utstyr er styrkt med om lag 175 mill. kroner i samband med byggjeprosjekt i universitets- og høgskolesektoren.
Av omsyn til det samla budsjettopplegget er budsjettramma for universitet og høgskolar redusert med omlag 78 mill. kroner knytt til reduksjon av studieplassar. Ein del av reduksjonen finansierer auken i utgifter til husleige for bygg som er innanfor husleigeordninga og som blir ferdigstilte i 2004–05.
Løyvinga til bygging av studentbustader er foreslått redusert med 46 mill. kroner.
Mål: Å tilby eit godt utdanningstilbod som legg til rette for at studentane gjennomfører studia på normert tid
Universitet og høgskolar skal tilby utdanning med høg fagleg kvalitet, samt lærings- og vurderingsformer som legg til rette for at studentane gjennomfører studia på normert tid.
Kvalitetsreforma inneber ei omfattande omlegging av høgre utdanning i Noreg. Måla er betre kvalitet på høgre utdanning, auka studieintensitet, raskare gjennomføring, tettare samarbeid med samfunns- og næringsliv og ei styrking av det internasjonale aspektet.
I samband med vedtak om innføringa av Kvalitetsreforma bad Stortinget også om ei uavhengig evaluering av omleggingane innanfor høgre utdanning. Forskingsrådet har fått ansvaret for denne evalueringa, og fagmiljø frå Norsk institutt for studier av forsking og utdanning – Senter for innovasjonsforsking (NIFU STEP) og Rokkan-senteret ved Universitetet i Bergen står for gjennomføringa. Evalueringa skal vere ferdig innan utgangen av 2006. Faggruppene samlar no inn data. Det er derfor for tidleg å komme med klare konklusjonar. Likevel rapporterer dei allereie no om nokre førebels, generelle inntrykk. Institusjonane har komme langt når det gjeld å utvikle nye studietilbod og gjennomføre ny gradsstruktur. Den auka faglege fridommen til institusjonane er nytta til å utvikle fastare studieprogram med institusjonsspesifikk profil. Mange nye studentar er tilfredse med dette, sjølv om det går noko ut over valfridommen og gjer det noko meir komplisert å samanlikne studium mellom institusjonar og bytte institusjon under studieløpet. På den andre sida kan institusjonane lettare møte nye kompetansebehov i samfunnet.
Det har så langt vore vanskeleg å måle resultata på det pedagogiske området. Dette har mellom anna samanheng med at utviklinga av læringsmiljøa har gått føre seg kontinuerleg også i tida før reforma, og at ein må bruke lengre tid enn eit år for å få ei gjennomgripande og koordinert endring i undervisnings-, rettleiings- og evalueringsformer.
Dei førebelse funna tyder likevel på at studentane mange stader no får meir systematisk tilbakemelding på innleverte oppgåver, og at institusjonane har utvikla nye evalueringsformer. Samstundes ser ein at enkelte institusjonar i ein overgangsfase har innført nye evalueringselement utan i rimeleg grad å ta bort gamle, slik at det kan ha blitt større eksamenspress for somme studentar.
På mange fagområde har ein enno ikkje komme fram til felles bruk av det nye karaktersystemet, særleg på masternivå.
Internasjonaliseringsarbeidet har fått større tyngd og endra karakter. Før var det mykje eit spørsmål om ønsket til enkeltstudentar om å dra ut. No blir internasjonaliseringa meir institusjonalisert, mellom anna gjennom samarbeidsavtalar, som i nokon mon også gjeld anna fagleg verksemd, som FoU. Til no er likevel auken i mobilitet ikkje blitt så stor som Kvalitetsreforma har lagt opp til.
Departementet er tilfreds med at utdanningsinstitusjonane no har fått på plass dei faglege, økonomiske og organisatoriske hovudelementa i Kvalitetsreforma. Vidare er studia utvikla, justerte og tilpassa ny gradsstruktur. Departementet ser at institusjonane jamt over har lagt ned svært mykje arbeid i reforma og har sett nye mogelegheiter for å utvikle institusjonane. Individuelle utdanningsplanar er under innføring for alle studentane. System for kvalitetssikring skal no vere på plass. Institusjonane har gått gjennom dei ulike ledda i organisasjonen med sikte på å styrkje den faglege og administrative leiinga, og såleis betre den strategiske evna.
Universitet og høgskolar har fått auka fridom til sjølve å organisere verksemda. Samstundes har dei fått større ansvar for å nå gode resultat. Dei blir mellom anna premierte for progresjon og kvalitet i studieløpa, og for å utvikle attraktive studieprogram. Konkurransen om studentane er såleis blitt hardare.
Kvalitetsreforma vart fullfinansiert i 2004, og institusjonane har no dei nødvendige ressursane til å følgje opp måla i Kvalitetsreforma. Ressursane er førte vidare i framlegg til budsjett for 2005. Det er no, både gjennom det arbeidet institusjonane har gjort og gjennom tilførsel av ressursar, lagt til rette for å prioritere utvikling og innføring av nye studentaktive lærings- og vurderingsformer.
Kvalitet i utdanninga
Nasjonalt organ for kvalitet i utdanninga (NOKUT) vart oppretta i 2003. NOKUT skal medverke til å sikre og utvikle kvaliteten på norsk høgre utdanning både ved statlege og private institusjonar. Evaluering av kvalitetssikringssystema ved institusjonane er ei hovudoppgåve for NOKUT. Vidare skal NOKUT akkreditere institusjonar og studietilbod. NOKUT skal kontrollere og informere om kvaliteten på utanlandsk utdanning, og gi generell godkjenning av høgre utdanning teken i utlandet. Frå 1. januar 2004 fekk NOKUT ansvar for å godkjenne fagskoleutdanning, og kriteria for godkjenning vart fastsette i mai 2004.
NOKUT har i 2003 og 2004 gjennomført evalueringar av kvalitetssikringssystem ved fleire institusjonar. Vidare er mastergradsstudium og doktorgradsstudium akkrediterte. NOKUT har vedteke å setje i gang ei omfattande evaluering av grunnutdanninga (bachelor) i sjukepleie samt masterstudia i sjukepleievitskap for å kontrollere at utdanningane tilfredsstiller gjeldande krav, og medverke til å utvikle kvaliteten i studietilboda. Departementet har også bedt NOKUT om å evaluere allmennlærarutdanninga i tråd med forslag i St.meld. nr. 30 (2003–2004) Kultur for læring.
Styret i NOKUT har behandla innstillinga frå den sakkyndige komiteen om universitetsstatus for Høgskolen i Stavanger og har tilrådd at høgskolen får status som universitet. Ein tilsvarande søknad frå Noregs landbrukshøgskole er til behandling. NOKUT har også tilrådd at Det teologiske Menighetsfakultetet får status som vitskapleg høgskole. Departementet vurderer tilrådingane frå NOKUT. Endeleg avgjerd blir teken av Kongen i statsråd, jf. universitets- og høgskolelova § 1 nr. 2, der det står at Kongen fastset institusjonsstruktur.
Departementet foreslår å prioritere ei generell styrking av NOKUT med 3 mill. kroner i 2005, sjå omtale under kap. 281 post 01.
Frå 1. januar 2004 skal alle institusjonane ha etablert system for kvalitetssikring. Sjølv om det ved nokre av institusjonane har teke lengre tid å utvikle og setje slike system ut i livet, blir det arbeidd systematisk og målretta med den store kulturendringa dette inneber. Arbeidet med kvalitetssikringssystema ved institusjonane er ikkje avslutta med innføringa, men er noko institusjonane må arbeide kontinuerleg med. Departementet vil følgje nøye med på dette arbeidet i åra som kjem.
Gjennomføring i studia
Betre gjennomføring i studia er viktig både for den enkelte student og for å betre tilgangen på arbeidskraft.
Ved mange utdanningar har låg gjennomføring vore eit problem. Tidlegare undersøkingar utarbeidd av mellom anna NIFU STEP viser at mange studentar bruker få timar i veka på studia. Undersøkingane viser at det er stor skilnad i tidsbruk mellom faga. Med Kvalitetsreforma skal institusjonane leggje til rette for at studentane gjennomfører studiet på normert tid. Høg fagleg kvalitet, nye lærings- og evalueringsformer og betre utnytting av studieterminane er viktige faktorar for å nå dette målet. Endringar i tidsbruk vil bli nærmare undersøkte i evalueringa av Kvalitetsreforma.
Studierapporteringa for 2003 viser auke i studiepoeng per student. Veksten er mellom anna resultat av redusert strykprosent og fråfall. Ein del av auken kjem av omlegging av studieporteføljen ved institusjonane. Det har gitt ein mellombels auke i talet på avlagde studiepoeng. Tabellane nedanfor viser studiepoeng per student ved den enkelte institusjon.
Studiepoeng per student ved universiteta og dei vitskaplege høgskolane1
Institusjon | 2001 | 20022 | 20032 |
---|---|---|---|
Universitetet i Oslo | 30,24 | 29,64 | 34,96 |
Universitetet i Bergen | 34,56 | 34,89 | 36,28 |
Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet | 36,80 | 39,96 | 39,51 |
Universitetet i Tromsø | 33,04 | 36,19 | 40,35 |
Arkitekthøgskolen i Oslo | 43,27 | 49,12 | 48,71 |
Noregs handelshøgskole | 38,21 | 41,83 | 42,86 |
Noregs idrettshøgskole | 44,03 | 34,02 | 41,40 |
Noregs landbrukshøgskole | 42,85 | 42,20 | 44,72 |
Noregs musikkhøgskole | 39,63 | 44,34 | 44,77 |
Noregs veterinærhøgskole | 47,41 | 49,88 | 56,61 |
1 60 studiepoeng svarar til eitt år normert studietid. Det er teke utgangspunkt i talet på eigenfinansierte studentar i haustsemesteret og alle eigenfinansierte studiepoeng på årsbasis. Doktorgradsstillingar er ikkje med i talgrunnlaget.
2 Delar av endringa i studiepoeng per student frå 2002 til 2003 kan komme av at det har vore ei rekkje endringar i studieprogramma ved institusjonane, og at studiepoeng blir tilordna på ulike trinn i studieprogramma.
Kilde: Database for statistikk om høgre utdanning (DBH).
Studiepoeng per student ved dei statlege høgskolane1
Institusjon | 2001 | 2002 | 2003 |
---|---|---|---|
Høgskolen i Agder | 43,97 | 43,09 | 44,47 |
Høgskolen i Akershus | 36,24 | 40,08 | 37,03 |
Høgskolen i Bergen | 47,13 | 49,12 | 50,46 |
Høgskolen i Bodø | 41,71 | 42,13 | 43,20 |
Høgskolen i Buskerud | 42,14 | 38,92 | 39,70 |
Høgskolen i Finnmark | 32,03 | 41,13 | 37,04 |
Høgskolen i Gjøvik | 45,80 | 41,28 | 40,32 |
Høgskolen i Harstad | 39,34 | 39,08 | 34,14 |
Høgskolen i Hedmark | 41,54 | 44,31 | 43,61 |
Høgskolen i Lillehammer | 44,41 | 50,08 | 44,82 |
Høgskolen i Molde | 42,19 | 38,33 | 44,10 |
Høgskolen i Narvik | 39,95 | 36,11 | 38,62 |
Høgskolen i Nesna | 37,35 | 43,88 | 42,44 |
Høgskolen i Nord-Trøndelag | 41,85 | 38,54 | 41,22 |
Høgskolen i Oslo | 44,95 | 46,10 | 50,97 |
Høgskolen i Sogn og Fjordane | 44,99 | 43,73 | 45,27 |
Høgskolen i Stavanger | 39,11 | 39,68 | 42,82 |
Høgskolen Stord/Haugesund | 43,07 | 43,96 | 44,44 |
Høgskolen i Sør-Trøndelag | 49,76 | 49,42 | 47,84 |
Høgskolen i Telemark | 45,82 | 41,97 | 43,33 |
Høgskolen i Tromsø | 45,31 | 43,47 | 48,81 |
Høgskolen i Vestfold | 44,51 | 41,22 | 41,12 |
Høgskolen i Volda | 46,06 | 41,25 | 43,01 |
Høgskolen i Østfold | 42,41 | 42,07 | 40,71 |
Høgskolen i Ålesund | 50,80 | 43,87 | 47,38 |
Sámi allaskuvla/Samisk høgskole | 33,88 | 29,63 | 46,32 |
1 Sjå fotnote 1 og 2 i førre tabell.
Kilde: DBH.
Sjå kap. 282 for oversikt over avlagde studiepoeng ved private høgskolar.
Utdanningskapasitet
Kapasiteten i høgre utdanning er dimensjonert slik at om lag halvparten av årskulla kan ta høgre utdanning. Den enkelte institusjonen har ansvar for å utnytte den studiekapasiteten det er gitt løyving til. Dersom enkelte institusjonar over tid har uutnytta kapasitet, vil departementet vurdere omfordeling av ressursar mellom institusjonar.
Budsjettforslaget inneber ein budsjettreduksjon på totalt 78 mill. kroner knytt til nedgang i talet på studieplassar. Denne reduksjonen er fordelt med 36,4 mill. kroner til universiteta, 5,5 mill. kroner til dei vitskaplege høgskolane, 30,6 mill. kroner til dei statlege høgskolane og 5,5 mill. kroner til dei private høgskolane. Dette tilsvarar ein nettoreduksjon i 2005 på 4 000 studieplassar (60-studiepoengseiningar) ved universitet og høgskolar dersom reduksjonane tas i dei minst kostnadskrevjande studia. Institusjonane må tilpasse opptaket i 2005 slik at kapasitetsreduksjonen gjennomførast. Det er vidare foreslått å omdisponere kapasitet mellom ulike utdanningar. Det er også oppretta nye studieplassar innanfor enkelte utdanningar.
Byggeprosjekt ved høgskolane i Bodø, Stavanger og Østfold blir ferdigstilte og tekne i bruk løpet av hausten 2004 og 2005. Delar av reduksjonen i talet på studieplassar finansierer auken i utgifter til husleige i 2005 for desse institusjonane. Kostnader til husleige knytt til byggeprosjekt som er sette i gang, vil auke ytterlegare i 2006 og 2007. Sjå omtale under kap. 274 og 281.
Høgskolen i Akershus er tildelt midlar til 20 studieplassar til yrkesfaglærarutdanning i elektrofag og mekaniske fag. Høgskolen i Gjøvik er tildelt midlar til 25 studieplassar i radiografutdanning, jf. kap. 274.
Departementet har følgt opp og vidareutvikla strategien for styrking av realfaga 2002–07. Sjå omtale under programkategori 07.20 og kap. 226. Innanfor høgre utdanning er strategien å auke rekrutteringa til dei matematisk-naturvitskaplege og teknologiske studia, mellom anna ved satsinga på Nasjonalt senter for rekruttering til naturvitskaplege og teknologiske fag (RENATE). Sjå kap. 274 for nærmare omtale. Som ledd i resultatoppfølginga blir ordninga med tilleggspoeng for fordjuping i realfag i vidaregåande opplæring og ordninga med forkurs til ingeniørutdanninga evaluerte. Målet er å vurdere om tiltaka har hatt effekt på val av realfag i vidaregåande opplæring, og på søkninga til realfag i høgre utdanning og ingeniørutdanning.
Mange høgskolar tilbyr ingeniørutdanning. Rekrutteringa har i fleire år vore svak og søkninga går ytterlegare ned i 2004. Nokre høgskolar har likevel tilfredsstillande søkning. På sikt kan det bli aktuelt å vurdere sterkare institusjonell konsentrasjon av desse studia for nasjonalt å kunne møte søkninga best mogleg og for å sikre god kvalitet på fagmiljøa. Departementet foreslår i 2005 å flytte 60 studieplassar i ingeniørutdanninga frå høgskolar med sviktande rekruttering til institusjonar med tilfredsstillande søkning. På denne bakgrunnen foreslår departementet at høgskolane i Bergen, Sør-Trøndelag og Stavanger kvar får tildelt 20 nye studieplassar i ingeniørutdanning. Sjå omtale under kap. 274. I samband med reduksjonar i talet på studieplassar er opptakskapasiteten satt noko ned ved enkelte høgskolar for dei prioriterte utdanningane, mellom anna ingeniørutdanninga. Sjå omtale av aktivitetskrav.
Førebels tal frå Samordna opptak (SO) viser at talet på søkjarar til høgre utdanning i 2004 har auka med over åtte pst. samanlikna med 2003. Etter nedgang tidlegare år har også talet på søkjarar som ønskte ei vurdering på bakgrunn av realkompetanse auka i 2004. Førebels tal frå SO viser ein auke på om lag 3,5 pst. frå 2003 til 2004. I alt 5 400 personar bad om å bli vurderte på grunnlag av realkompetanse.
Gjennom hovud- og suppleringsopptaket til Samordna opptak hausten 2004 vart det gitt tilbod til om lag 65 500 kvalifiserte søkjarar. I tillegg kjem det lokale opptaket ved institusjonane.
Tabellane nedanfor viser tal for søkning og opptak til universitet og høgskolar, samt registrerte studentar. Erfaringa er at mange søkjarar takkar nei, eller let vere å møte til studiestart. Det er derfor gitt tilbod til fleire enn det er studieplassar til.
Nøkkeltal for søkning og opptak ved universitet og høgskolar 1998–20031
1998 | 1999 | 2000 | 2001 | 2002 | 2003 | |
---|---|---|---|---|---|---|
Tal på søkjarar | 86 644 | 82 818 | 82 483 | 85 307 | 91 413 | 93 708 |
Søkjarar 19–24 år i pst. av totalt søkjartal | 71,8 | 71,1 | 68,8 | 65,7 | 65,7 | 66,3 |
Kvalifiserte søkjarar | 70 043 | 66 581 | 66 823 | 66 000 | 68 664 | 72 799 |
Av desse kvinner (i pst.) | 60,2 | 60,0 | 59,3 | 59,9 | 60,7 | 59,8 |
Kvalifiserte søkjarar utan tilbod | 3 473 | 2 262 | 1 958 | 2 139 | 4 273 | 5 560 |
Personar møtt til studiestart | 43 836 | 43 684 | 44 605 | 46 038 | 47 411 | 47 829 |
Av desse kvinner (i pst.) | 61,0 | 61,0 | 60,2 | 60,4 | 61,5 | 56,9 |
1 Fristen for å registrere seg ved institusjonane går ut etter at denne proposisjonen går i trykken. Det er derfor ikkje mogleg å angi tal for kor mange som har møtt i 2004.
Kilde: Samordna opptak.
Registrerte studentar 2002–03
Registrert 2002 | Registrert 2003 | |
---|---|---|
Universitet1 | 73 039 | 71 385 |
Vitskaplege høgskolar2 | 7 594 | 7 773 |
Kunsthøgskolar | 810 | 855 |
Statlege høgskolar3 | 83 715 | 87 301 |
Sum universitet og høgskolar | 165 158 | 167 314 |
Private høgskolar, kap. 282 | 27 010 | 24 591 |
Sum | 192 168 | 191 905 |
Eksternt finansierte studentar4 | 13 726 | 14 417 |
1 Det var i tillegg registrert 715 personar utan studierett ved universiteta i 2002, og 591 personar utan studierett i 2003. Doktorgradsstillingar er ikkje med i tala.
2 Det var i tillegg registrert 33 personar utan studierett ved dei vitskaplege høgskolane i 2002, og 38 personar utan studierett i 2003. Doktorgradsstillingar er ikkje med i tala.
3 Studentar på ulike forkurs inngår ikkje i tala. Det var i tillegg registrert 363 personar utan studierett ved dei statlege høgskolane i 2002, og 132 personar utan studierett i 2003.
4 Eksternt finansierte studentar ved dei statlege institusjonane.
Kilde: DBH.
Læringsmiljø
Ansvaret institusjonane har for læringsmiljøet er presisert som ledd i Kvalitetsreforma, jf. Ot.prp. nr. 40 (2001–2002) og Ot.prp. nr. 65 (2002–2003). Institusjonane har ansvaret for det fysiske og det psykiske læringsmiljøet. Læringsmiljøet skal vere utforma slik at funksjonshemma kan studere ved institusjonane. Institusjonane er i lova også pålagde å utvikle kvalitetssikringssystem som skal omfatte prosessar med verdi for studiekvaliteten. Institusjonane skal ha etablert læringsmiljøutval som skal ta hand om læringsmiljøet til studentane. Arbeidet med læringsmiljøet skal dokumenterast og inngå i det interne kvalitetssikringssystemet. Arbeidstilsynet er i universitets- og høgskolelova gitt ansvaret for å føre tilsyn med at krava til studentane sitt læringsmiljø blir følgde opp. Dette er vidareført i forslaget til ny lov, jf. Ot.prp. nr. 79 (2003–2004).
Regjeringa har i Ot.prp. nr. 79 (2003–2004) foreslått endringar som vil styrkje rettane til studentane. Dette gjeld mellom anna lovfesting av gratisprinsippet og lovfesting av retten til fødselspermisjon. Den lovfesta retten studentane har til representasjon i styrande organ, blir i forslaget ført vidare for dei statlege institusjonane og innført som ei obligatorisk ordning også ved dei private institusjonane.
Statistisk sentralbyrå har fått i oppdrag å gjennomføre ei undersøking av levekåra til studentar. Undersøkinga vil kartleggje levekåra og studiekvardagen til studentane. Data vil bli henta inn i løpet av 2005. Resultata av analysen kjem i 2006. Sjå også omtale under kap. 270 post 74.
Rekruttering av minoritetsspråklege studentar og styrking av fleirkulturell forståing
Rekrutteringa av studentar med innvandrarbakgrunn aukar. Institusjonane må framleis arbeide for å rekruttere fleire studentar med minoritetsspråkleg bakgrunn til høgre utdanning generelt, og til lærarutdanning spesielt. Departementet har mellom anna prioritert midlar til studieløp for vidare kvalifisering av minoritetsspråklege som arbeider i skole og barnehage. Det er dessutan gitt stipend for å gjere det lettare å ta utdanning. Det er stor søkning både til studia og til stipend. Sjå omtale under kap. 226.
Mål: Forsking og utviklingsarbeid av høg kvalitet
Institusjonane skal sikre forsking og utvikling av høg kvalitet ved å gjere langsiktige prioriteringar. Vidare må universiteta og dei vitskaplege høgskolane spesialisere og konsentrere forsking og utvikling på område der institusjonen har særlege føresetnader, og i tråd med langsiktige strategiar. Dei statlege høgskolane må i tillegg sjå forsking og utviklingsarbeid i samanheng med regionale behov.
Noregs forskingsråd har dei siste åra evaluert mange norske fagmiljø. NIFU STEP har gått gjennom alle fagevalueringane, og konkluderer med at kvaliteten på norsk forsking er ujamn. Fleirtalet av forskingsgruppene held tilfredsstillande nivå. Mange fagområde har likevel forskingsgrupper som ikkje er av tilstrekkeleg kvalitet. Evalueringane finn både framifrå, gode og dårlege forskingsgrupper. Dei er samde om at norsk akademisk forsking innanfor ei rekkje fagområde har for svak fagleg leiing og for lite langsiktig planlegging. Forskinga innanfor ei rekkje fagområde har samstundes organisatoriske problem med fragmentering og for lite samarbeid. Trass i at dei første fagevalueringane stadfesta desse problema allereie for seks–sju år sidan, tyder dei siste evalueringane (til dømes av medisin og psykologi) på at utfordringane framleis er store. Departementet legg til grunn at institusjonane følgjer opp fagevalueringane med konkrete tiltak.
Departementet vil understreke at institusjonane må styrkje den faglege leiinga av forskings- og utviklingsarbeidet. Institusjonane må formulere mål, krav og forventningar til alle forskingsleiarar ved institusjonen, samt identifisere verkemidla kvar enkelt leiar rår over. Det er eit fagleg leiaransvar å leggje til rette for at forskinga kan gå føre seg i gode forskingsmiljø med fleire samarbeidande forskarar og eventuelt forskarstudentar. Det er også eit fagleg leiaransvar å følgje opp at tilsette oppfyller både undervisningsplikt og forskingsplikt. Institusjonane har ansvar for å prioritere ressursar til betring av forskingsvilkåra for den enkelte forskaren, og kvaliteten i forskings- og utviklingsarbeidet.
Finansieringssystemet for universitet og høgskolar er utforma for å stimulere til kvalitetsheving. Departementet vil understreke at universitet og høgskolar har teke fatt på desse utfordringane på ein positiv måte. Mykje dreier seg om kulturendringar. For å styrkje omstillingsarbeidet og kulturendringane, har Regjeringa i Ot.prp. nr. 79 (2003–2004) foreslått endringar i styringsforma for universitet og høgskolar.
Forskingsfinansiering
Finansieringssystemet fordeler ein del av forskingsmidlane på grunnlag av forskingsresultata til institusjonane. I tillegg kjem den strategiske forskingsløyvinga med midlar til doktorgradsstillingar og vitskapleg utstyr, samt til strategisk forsking, jf. omtalen i St.prp. nr. 1 (2001–2002). Midlane til strategisk forsking gir institusjonane auka handlefridom ved at dei skal nyttast til konsentrerte strategiske satsingar i tråd med måla og strategiane som gjeld ved institusjonen.
Midlar til nye doktorgradsstillingar er som tidlegare år fordelte mellom institusjonane i hovudsak etter omfanget på FoU-verksemda. I tillegg er det teke omsyn til særskilde behov og det FoU-strategiske arbeidet ved institusjonen. Institusjonar som kan dokumentere god gjennomføringsgrad i doktorgradsdanninga, har fått ekstra utteljing. Statlege høgskolar har eit særskilt behov for kompetanseheving. Dei har derfor fått ein større del av doktorgradsstillingane enn det omfanget på FoU-verksemda ved desse institusjonane tilseier. I løpet av 2005 vil departementet starte gjennomgang av FoU-resultata ved dei statlege høgskolane. Formålet er å undersøkje om satsinga på doktorgradsutdanning ved høgskolane har vore vellykka.
Som varsla i St.prp. nr. 1 (2003–2004) arbeider departementet med å vidareutvikle forskingskomponenten i finansieringssystemet. Gjennom betre måling av forskingsresultat enn i systemet som blir nytta i dag, ønskjer departementet i større grad å stimulere universitet og høgskolar til å få fram forskingsresultat av høg kvalitet. Universitets- og høgskolerådet arbeider på oppdrag frå departementet med å utvikle eit system for rapportering av data for vitskapleg publisering som kan nyttast som resultatindikator i forskingskomponenten. Universitets- og høgskolerådet har organisert arbeidet slik at dei enkelte fagmiljøa leverer innspel. I arbeidet inngår å vurdere korleis vitskapleg publisering kan skiljast frå anna publisering. Vidare korleis det er mogleg å samanlikne ulike publikasjonsformar og klassifisere ulikt kvalitetsnivå, samt samanlikne på tvers av fagområde. Departementet understrekar at den indikatoren som blir utvikla, skal nyttast som grunnlag for fordeling mellom institusjonane. Systemet vil derfor truleg måtte bli relativt grovmaska. Dette vil ikkje vere ein presis premiering av den enkelte forskaren og tilhøyrande forskingsresultat. Institusjonane må ha interne fordelingsmodellar som fører insentiva vidare ned i institusjonen. Etter planen vil institusjonane våren 2005 rapportere data for 2004-publiseringar, som kan nyttast i 2006-budsjettet.
Alle statlege og private institusjonar vil i utgangspunktet konkurrere om tildeling frå ein felles pott for premiering av vitskapleg publisering. For enkelte institusjonar vil det ikkje vere tenleg å nytte vitskapleg publisering som resultatindikator. Årsaka er at det ikkje er eit godt mål på den aktiviteten som finn stad, og fordi ein slik premiering ikkje vil stimulere til ønskt fagleg utvikling ved desse institusjonane. Departementet vil derfor ikkje nytte publiseringsindikatoren for Noregs musikkhøgskole og Arkitekthøgskolen i Oslo, samt for enkelte private institusjonar med statstilskott. Publiseringsindikatoren vil heller ikkje bli nytta for dei statlege kunsthøgskolane.
Ordninga med omfordeling av forskingsmidlar innanfor institusjonskategoriar vil bli beholdt inntil vidare. Den vidare utviklinga må bli sett i samanheng med utviklinga av ein eventuell formidlingskomponent, jf. St.prp. nr. 1 (2003–2004). Det er viktig at finansieringssystemet gir fornuftig stimulans for institusjonane til å arbeide mot å oppfylle samfunnsoppdraget deira. Departementet har bedt Universitets- og høgskolerådet vurdere relevante indikatorar som mål på formidlingsaktiviteten ved universitet og høgskolar. Eventuell endring av institusjonskategori for enkelte institusjonar må handsamast på ein slik måte at det blir etablert rimelege vilkår for konkurranse i den resultatbaserte forskingskomponenten. I samband med ny forskingsmelding vil departementet også sjå på randsoneverksemd i forhold til indikatoren for eksternt finansiert verksemd.
Doktorgradsutdanning
Talet på doktorgradar har auka med 30 pst. dei siste ti åra. Tabellen nedanfor gir oversikt over talet på doktorgradar fordelte på institusjonane i Noreg i perioden 1995–2003. Det har dei siste åra vore ein monaleg auke i talet på doktorgradsstillingar. Det er derfor venta ytterlegare auke i talet på doktorgradskandidatar i åra som kjem.
Tal på avlagde doktorgradar per institusjon 1995–2003
Institusjon | Avslutta doktorgradar | ||||||||
---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
1995 | 1996 | 1997 | 1998 | 1999 | 2000 | 2001 | 2002 | 2003 | |
Universitetet i Oslo | 192 | 218 | 242 | 224 | 269 | 229 | 232 | 231 | 234 |
Universitetet i Bergen | 136 | 116 | 100 | 129 | 132 | 125 | 130 | 157 | 153 |
Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet | 173 | 172 | 185 | 186 | 207 | 187 | 174 | 203 | 195 |
Universitetet i Tromsø | 45 | 46 | 39 | 59 | 48 | 51 | 62 | 55 | 57 |
Noregs handelshøgskole | 12 | 11 | 10 | 19 | 9 | 12 | 11 | 11 | 14 |
Noregs idrettshøgskole | 1 | 1 | 4 | 5 | 3 | 2 | 9 | 1 | 5 |
Arkitekthøgskolen i Oslo | 1 | 2 | 0 | 2 | 1 | 3 | 3 | 3 | 4 |
Noregs landbrukshøgskole | 27 | 24 | 35 | 41 | 28 | 32 | 36 | 52 | 44 |
Noregs veterinærhøgskole | 14 | 11 | 9 | 7 | 7 | 8 | 12 | 14 | 11 |
Noregs musikkhøgskole | 1 | 1 | |||||||
Det teologiske menighetsfakultet | 1 | 1 | 1 | 5 | 2 | 2 | 4 | 2 | 1 |
Handelshøyskolen BI | 3 | 2 | 1 | ||||||
Høgskolen i Stavanger | 2 | 2 | 2 | ||||||
Høgskolen i Bodø | 1 | ||||||||
Sum | 602 | 602 | 625 | 677 | 706 | 651 | 678 | 734 | 723 |
Pst. kvinner | 31 | 34 | 32 | 32 | 38 | 35 | 33 | 41 | 39 |
Kilde: Doktorgradsregisteret, NIFU STEP. DBH for 1998–2003.
Regjeringa har som mål å utdanne 1 100 doktorandar årleg. For å nå dette målet må fullføringsgraden i doktorgradsutdanninga bli betre, samtidig som det blir oppretta fleire doktorgradsstillingar. I 2002 vart det løyvd midlar til 158 nye doktorgradsstillingar ved universitet og høgskolar, og i både 2003 og 2004 ytterlegare 200 nye doktorgradsstillingar. I tillegg har auka midlar til Noregs forskingsråd ført til ein viss auke i talet på doktorgradsstillingar.
Regjeringa foreslår å opprette 100 nye doktorgradsstillingar i 2005. Dei nye stillingane er fordelte med 64 til universiteta, ni til dei vitskaplege høgskolane, 20 til dei statlege høgskolane, fire til dei private høgskolane, to til Universitetssenteret på Svalbard og ein til Stipendprogram for kunstnarleg utviklingsarbeid. Samstundes er det forslag om å løyve midlar til heilårseffekt av 200 doktorgradsstillingar som vart oppretta med verknad frå hausten 2004.
Universitet og høgskolar har sjølvstendig ansvar for å forvalte personalressursar og å sikre etterveksten av fagleg personale. NIFU STEP har publisert analysar av framtidige behov for personar med doktorgrad i dei enkelte faga, og institusjonane må planleggje slik at dei ikkje opplever rekrutteringssvikt når fagpersonellet går av ved aldersgrensa. Når institusjonane fordeler doktorgradsstillingar internt i organisasjonen, må dei også ta omsyn til at samfunnet utanfor akademia har behov for arbeidstakarar med doktorgrad. Målet til Regjeringa om 1 100 doktorandar årleg tek omsyn til behova i næringslivet og samfunnet elles.
Tilsetting i doktorgradsstilling i fire år, inkludert eitt årsverk pliktarbeid, skal vere hovudmodell for norsk doktorgradsutdanning. Institusjonane må finansiere det fjerde året for dei som vert tilsette ved universitet og høgskolar og har treårig ekstern finansiering. Stipendiatane skal kunne fordele arbeidet med den treårige doktorgradsavhandlinga over fire år.
Universitet og høgskolar med rett til å tildele graden ph.d., kan også nytte stillingskategorien postdoktor. Departementet er kjent med at mange institusjonar har stort behov for postdoktorstillingar, mellom anna for å byggje opp gode forskingsmiljø med fleire samarbeidande forskarar og forskarstudentar. Departementet vil likevel ikkje øyremerkje delar av forskingsløyvinga til postdoktorar. Aktiv rekrutterings- og personalpolitikk er av stor verdi for strategisk utvikling av forskingsmiljø. Institusjonar med rett til å tildele doktorgrad må sjølv avgjere om delar av forskingsløyvinga best kan nyttast ved å opprette nye postdoktorstillingar.
Forskingsomfang
Tal frå NIFU STEP viser at dei totale utgiftene til forsking og utviklingsarbeid ved universitet og høgskolar var på 6,3 mrd. kroner i 2001. Anslag for 2003 er 7,1 mrd. kroner. Tal frå NIFU STEP viser at det i 2003 vart produsert om lag 5 300 vitskaplege artiklar indeksert av Institute for Scientific Information (ISI) mot om lag 3 100 slike artiklar i 1991.
Tabellen nedanfor viser det samla talet på vitskapleg tilsette.
Tal på årsverk i undervisnings- og forskarstillingar 2003 (pst. kvinner i parentes)
Universitet | Vitskaplege høgskolar | Statlege høgskolar | Kunsthøg- skolar | Sum alle institusjonar | ||||||
---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
Professor | 1 992 | (16) | 266 | (11) | 241 | (14) | 30 | (51) | 2 530 | (16) |
Undervisningsdosent | ||||||||||
Høgskoledosent | 37 | (9) | 37 | (9) | ||||||
Førsteamanuensis/ førstelektor | 1 323 | (32) | 294 | (26) | 1 372 | (27) | 26 | (37) | 3 014 | (29) |
Aman./høgskolelektor/universitetslektor | 562 | (43) | 87 | (37) | 2896 | (54) | 44 | (58) | 3 589 | (51) |
Bistillingar (professor II) | 139 | (9) | 21 | (8) | 28 | (9) | 3 | (12) | 191 | (9) |
Doktorgradsstillingar | 2 184 | (43) | 230 | (49) | 291 | (49) | 2 | (0) | 2 707 | (44) |
Forskar | 352 | (56) | 78 | (45) | 11 | (44) | 442 | (38) | ||
Postdoktor | 540 | (48) | 35 | (58) | 14 | (7) | 0 | 588 | (49) | |
Høgskolelærar/ øvingslærar | 7 | (19) | 4 | (42) | 800 | (74) | 4 | (40) | 815 | (73) |
Vitskapleg assistent | 307 | (49) | 20 | (58) | 5 | (45) | 1 | (0) | 333 | (49) |
Andre | 158 | (55) | 15 | (59) | 11 | (47) | 1 | (100) | 184 | (55) |
Sum | 7 564 | (34) | 1 049 | (31) | 5 708 | (48) | 110 | (48) | 14 431 | (39) |
Kilde: DBH. Data per 1. oktober 2003.
Kvinner i forskinga
Regjeringa har som mål å auke talet på kvinner i høgre forskarstillingar. Sjølv om kvinner utgjer fleirtalet av studentane, er talet på kvinner i faglege stillingar framleis lågt. Dette gjeld særleg i høgre faglege stilingar, jf. tabellen ovanfor.
Departementet sette i januar 2004 ned ein komité for integrering av kvinner i forsking. Sjå omtale under kap. 285 post 52. Komiteen skal støtte opp om og gi tilrådingar om tiltak som kan redusere den skeive fordelinga mellom kjønna i akademia. For å betre kunnskapsgrunnlaget i likestillingsarbeidet har departementet bestilt to rapportar frå NIFU STEP om mobiliteten til kvinner inn i, innanfor og ut av akademia. Rapportane skal etter planen ferdigstillast hausten 2004.
Tabellen nedanfor gir oversikt over oppnådde doktorgradar etter fagområde og kjønn i 1995 og 2003. Kvinnedelen har auka på alle fagområde eksklusiv teknologi. Totalt sett har kvinnedelen auka frå 31 pst. i 1995 til 39 pst. i 2003.
Doktorgradar etter fagområde og kjønn 1995 og 2003
Pst. av alle dr.gradar | Pst. kvinner | |||
---|---|---|---|---|
1995 | 2003 | 1995 | 2003 | |
Humaniora | 8 | 10 | 39 | 40 |
Samfunnsvitskap | 16 | 22 | 29 | 42 |
Matematikk/naturvitskap | 24 | 25 | 27 | 35 |
Teknologi | 20 | 14 | 21 | 20 |
Medisin | 25 | 22 | 38 | 48 |
Landbruksvitskap/veterinærmedisin | 7 | 7 | 44 | 50 |
Sum | 100 | 100 | 31 | 39 |
Kilde: Doktorgradsregisteret, NIFU STEP.
Museum
Universiteta i Noreg har store natur- og kulturmuseumseiningar. Dei vitskaplege samlingane dannar basis for forsking, undervisning og formidling innanfor mange fagområde. Dei skal mellom anna opplyse allmenta gjennom utstillingar, forelesingar og andre formidlingstiltak. Dei kulturhistoriske avdelingane er viktige aktørar i det arkeologiske forvaltningsarbeidet (utgravingar og ivaretaking av kulturminne), medan dei naturhistoriske einingane mellom anna har ei viktig rolle som artsbankar og miljøarkiv.
Fleire aktørar har peika på behovet for å utgreie verksemda ved universitetsmusea. På bakgrunn av dette har Utdannings- og forskingsdepartementet satt ned eit utval som skal greie ut rolla til universitetsmusea i den nasjonale museumspolitikken. Utvalet skal gi innstillinga si til departementet innan 1. november 2005.
Universitetsmusea må leggje til rette for utlån og utleige av kunst- og kulturgjenstandar til bruk for forsking og formidling. Utgangspunktet er at utlånet ikkje kjem i konflikt med dei oppgåvene musea har innanfor forsking og formidling, og at oppbevarings- og sikringstilhøva blir handsama på ein god måte.
Mål: Universitet og høgskolar som sjølvstendige lærestader og forskingsinstitusjonar med evne til å møte behov i samfunnet
Universitet og høgskolar skal vere sjølvstendige lærestader og forskingsinstitusjonar som tek ansvar for eiga utvikling. Samfunnsrolla til institusjonane har vorte stadig viktigare, og institusjonane må delta aktivt i arbeids- og samfunnsliv gjennom utdanningssamarbeid, forskingssamarbeid, teknologioverføring og anna formidling.
Universitet og høgskolar har dei siste åra fått auka fagleg, økonomisk og organisatorisk fridom, samt større ansvar for eiga utvikling. Dette gir institusjonane større handlefridom til å ta hand om den nasjonale og regionale samfunnsrolla, samt møte utfordringane i samfunns- og næringsliv. Institusjonane må etablere nye samarbeidskanalar og auke samarbeidet med samfunns- og næringsliv med omsyn til innovasjon, forsking og studietilbod, inkludert etter- og vidareutdanning.
Fokuset Kvalitetsreforma har på nye studentaktive lærings- og vurderingsformer, kan gjere at det blir naudsynt med betre tilrettelegging av eksamenar for kandidatar som ikkje er tekne opp som studentar til vedkommande studium (privatistar). Etter lov om universitet og høgskolar har styra ved institusjonane rett til å fastsetje vederlag som dekkjer meirutgiftene ved å halde eksamen for denne studentgruppa, men vederlaget skal ikkje gi overskott til institusjonen. Privatistar har lovfesta rett til å gå opp til eksamen. Institusjonane bør kunngjere storleiken på eksamensvederlaget i god tid før eksamen, slik at desse studentane får meir påreknelege rammer.
Resultatbasert undervisningsfinansiering
Budsjettutteljinga i den resultatbaserte undervisningsfinansieringa aukar med om lag 262 mill. kroner i høve til 2004-budsjettet for dei statlege institusjonane. Dei private institusjonane får tilsvarande auke i budsjettramma på om lag 12 mill. kroner. Dette er midlar som kjem i tillegg til auken på om lag 200 mill. kroner til saman for statlege og private institusjonar i den resultatbaserte utteljinga i 2004-budsjettet.
Talet på avlagde studiepoeng auka med 6,8 pst. i 2003 samanlikna med tal på studiepoeng avlagde i 2002. Departementet har i gjennomgangen av rapporteringa frå institusjonane arbeidd for å sikre kvaliteten på data som vert nytta i finansieringsmodellen. Departementet er framleis ikkje nøgd med rutinane og systema som mange av institusjonane har for kontroll av datarapportering. Institusjonane er pålagde å syte for at slike rutinar er forankra i kvalitetssikringssystema ved institusjonane. Riksrevisjonen har også gått gjennom rutinar, samt opplegg for rapportering og kontroll av data som departementet nyttar for å rekne ut løyvingane til institusjonane.
Departementet vil vurdere når det skal innførast utteljing for uteksaminerte kandidatar i finansieringssystemet, jf. omtale i St.prp. nr. 1 (2001–2002).
Kunsthøgskolane er framleis ikkje inkluderte i det resultatbaserte finansieringssystemet for universitet og høgskolar. Departementet vil vurdere å inkludere kunsthøgskolane først når innrapporterte data for avlagde studiepoeng er av god kvalitet og det er utvikla relevante indikatorar for FoU-verksemda ved institusjonane.
Frå og med budsjettåret 2003 er det innført resultatbasert finansieringssystem også for private høgskolar. I finansieringsmodellen får private høgskolar statsstøtte for eit utval studium der avlagde studiepoeng gir utteljing i den resultatbaserte undervisningskomponenten. Departementet foreslår å endre finansieringssystemet ved at alle studia vert inkluderte i undervisningskomponenten, mot at det blir gjeninnført ein prosentsats for tilskott i undervisningskomponenten. Dette vil gi dei private høgskolane større fridom til å utvikle studietilboda sine. Sjå kap. 282 for nærmare omtale av finansieringssystemet for private høgskolar.
Innovasjon
Regjeringa har som ambisjon at Noreg skal vere eit av dei mest nyskapande landa i verda. Det overordna målet er å leggje til rette for auka verdiskaping over heile landet. Utdannings- og forskingspolitikken er sentral i ein slik politikk fordi menneske, kompetanse og kreativitet er avgjerande for innovasjonsevna i næringslivet. Universitet og høgskolar må ha fokus på kvalitet i utdanningane, medverke til livslang læring og styrking av realfaga, samt samarbeide med arbeids- og næringsliv.
Regjeringa har som mål å auke kommersialisering av forskingsresultat og oppfinningar frå universitet og høgskolar. Universiteta og Noregs landbrukshøgskole fekk 5,5 mill. kroner i særskilde midlar i 2004 for å følgje opp dette ansvaret. Dei har oppretta einingar for å kommersialisere forskingsresultat. Løyvinga til FORNY vart i 2004 auka til totalt 17,5 mill. kroner, slik at universiteta og høgskolane skal kunne ta hand om det auka ansvaret dei har fått for kommersialisering av forskingsresultat. Sjå omtale under kap. 281 post 01 og kap. 285 post 52. Regjeringa foreslår vidare å sette av 500 mill. kroner i ansvarleg lån og 125 mill. kroner til tapsfond for å opprette tre nye landsdekkjande såkornfond, jf. kap. 2421 Innovasjon Noreg i St.prp. nr. 1 (2004–2005) for Nærings- og handelsdepartementet.
Departementet har frå 2003 gitt universitet og høgskolar fullmakt til å opprette nye selskap eller andre einingar i randsona, jf. vedtaket til Stortinget i handsaminga av Budsjett-innst. S. nr. 12 (2002–2003). Det inneber større fridom for institusjonane til sjølve å velje korleis dei ønskjer å etablere samarbeid med eksterne aktørar, og korleis dei ønskjer å formidle kunnskap og kompetanse til samfunns- og næringsliv. Det gir også institusjonane betre høve til å følgje opp formidling og kommersialisering av forskingsresultat. Det nye reglementet har ført til vesentleg nyorientering kring organisering av den eksternt finansierte verksemda ved institusjonane, og auka fokus på den eksternt retta verksemda. I medhald av retningslinjene frå departementet har dei statlege institusjonane oppretta, eller vore med på å opprette, 18 nye selskap eller andre einingar. Departementet vil følgje forvaltinga av desse selskapa og vurdere fullmaktene til institusjonane dersom eigarinteressene til staten ikkje blir handtert tilfredsstillande.
Det er ein føresetnad at institusjonane skil mellom den løyvingsfinansierte og den eksternt finansierte delen av verksemda i rekneskapa. Den oppdragsbaserte delen av verksemda skal dekkje alle relevante kostnader, slik at den årlege løyvinga fullt ut blir nytta til den ordinære verksemda ved institusjonane.
Regjeringa foreslår å føre vidare fullmaktene til institusjonane, sjå forslag til vedtak IV nr. 4.
Samarbeid med regionale helseføretak om utdanning og forsking
Helse- og omsorgsdepartementet og Utdannings- og forskingsdepartementet har i samband med oppfølging av NOU 2003: 1 Behovsbasert finansiering av spesialisthelsetenesten, jf. Innst. S. nr. 82 (2003–2004) og St.meld. nr. 5 (2003–2004) Inntektssystem for spesialisthelsetenesten, lagt til rette for betre samarbeid mellom regionale helseføretak (RHF) og universitet og høgskolar når det gjeld utdanning og forsking. I tråd med dette er instruksen til helseføretaka om forholdet til universitet og høgskolar revidert. Helse- og omsorgsdepartementet har i styringsdokumenta til RHF for 2004 gjort det klart at regionale helseføretak skal leggje til rette for praksisundervisning av eit bestemt tal helsefagstudentar i grunnutdanningane. Sjå omtale under kap. 732 post 78.
Felles lovverk for statlege og private høgre utdanningsinstitusjonar
Regjeringa har foreslått ny felles lov for statlege og private høgre utdanningsinstitusjonar, jf. Ot.prp. nr. 79 (2003–2004). Det er lagt vekt på å sikre felles rammeverk for høgre utdanning med omsyn til faglege fullmakter, kvalitetssikring av utdanningstilbod, samt rettar og plikter for studentane. Forslaget er ei oppfølging av Innst. S. nr. 337 (2000–2001), jf. St.meld. nr. 27 (2000–2001).
Eit felles rammeverk for offentleg godkjend høgre utdanning i Noreg legg til rette for større likebehandling av statlege og private institusjonar, og sikrar studentane like rettar og plikter utan omsyn til institusjonstype. Felles lov legg også til rette for betre koordinert nasjonal politikk for høgre utdanning, der endringar vil skje parallelt for statlege og private institusjonar. Kvalitetsreforma i høgre utdanning blir ført vidare i forslaget. Behovet for internasjonalt samarbeid og internasjonal orientering er framheva i ein ny, felles paragraf om formålet med lova. Den akademiske fridommen til institusjonane er foreslått styrkt og tydeleggjort.
Regjeringa foreslår vidareføring av gjeldande organisering av dei statlege institusjonane som forvaltningsorgan med særskilde fullmakter. Det blir foreslått enkelte justeringar i modellen for den øvste leiinga ved dei statlege institusjonane. Dette for å leggje til rette for betre leiing, og for at styra i større grad skal kunne fokusere på dei overordna strategiske oppgåvene. Regjeringa fremmer forslag om einskapleg leiing og ekstern styreleiar. Dette legg til rette for meir heilskapleg styring i faglege og administrative spørsmål ved at rektor får ansvar og fullmakter som dagleg leiar. Forslaget gir ein meir robust styringsmodell og skal setje institusjonane betre i stand til å møte dei framtidige utfordringane. Institusjonane skal sjølve avgjere om rektor skal vere vald eller tilsett på åremål.
Riksrevisjonen har hausten 2003 og våren 2004 gjennomført ein revisjon av den interne styringa ved universiteta. Rapporten peikar på fleire utfordringar når det gjeld forhold ved dei interne styringssystema ved universiteta. Fleire av problemstillingane er sette i samanheng med at dei formelle styringslinjene ved universiteta er for svake. Dette medfører at leiarane blir usikre på kva mynde dei har og kva verkemiddel dei rår over. Departementet viser til at forslaget til ny lov venteleg vil styrkje den overordna og strategiske rolla til styret. Vidare vil den leggje til rette for tydelegare ansvarsforhold og styringslinjer i den faglege og administrative leiinga ved institusjonane.
Revisjon av universitet og høgskolar
Riksrevisjonen har hausten 2003 og våren 2004 gjennomført revisjon av universitet og høgskolar. Riksrevisjonen har i denne samanhengen gått gjennom ulike område som lønn og innkjøp for rekneskapsåret 2003, og revidert årsrekneskapen for 2003. Riksrevisjonen har avdekt manglar i rekneskapane knytte til kostnadsfordelinga mellom den løyvingsfinansierte verksemda og den eksternt finansierte verksemda. Riksrevisjonen peikar også på utfordringar når det gjeld utforming av rutinar på dette feltet. Ein gjennomgang av innkjøpsområdet ved fleire universitet og høgskolar viser at det er utfordringar med omsyn til etterleving av regelverket for offentlege innkjøp. Riksrevisjonen har også avdekt manglande samsvar mellom aksjeporteføljane i årsrekneskapen til institusjonane og i statsrekneskapen. Departementet har teke desse forholda opp med den enkelte institusjon, mellom anna ved kontroll- og ettersynsbesøk og i etatsstyringsmøte.
Departementet føreset at institusjonane fastset rutinar slik at dei kan leggje fram ein fullstendig og korrekt rekneskap for 2004 til rett tid og i tråd med dei retningslinjene departementet har utarbeidd.
Sentral styring av kapasitet for enkelte utdanningar
Departementet stiller krav til studiekapasitet ved nokre utdanningar for å sikre ein minimumskapasitet innanfor enkelte fag. Aktivitetskrava er knytte til talet på 60-studiepoengseiningar som skal avleggjast første studieåret ved dei aktuelle utdanningane.
Dei fleste helsefagutdanningane har aktivitetskrav. Departementet legg til grunn at opptaksnivået for realfag- og ingeniørutdanningane blir halde på minst same nivå som tidlegare, justert for flytting av 60 studieplassar i ingeniørutdanninga mellom institusjonar og enkelte studieplassreduksjonar.
Det blir ikkje stilt aktivitetskrav for lærarutdanningane i 2005, men departementet vil følgje nøye med på rekrutteringa til desse utdanningane ved den enkelte institusjon. Fastsetting av spesielle opptakskrav til allmennlærarutdanninga, slik det er varsla i St.meld. nr. 30 (2003–2004) Kultur for læring, kan på kort sikt føre til svakare rekruttering til mange av institusjonane. I slike tilfelle kan ledig kapasitet nyttast til vidareutdanning av lærarar i sentrale skolefag i tråd med behov i grunnopplæringa i reformperioden. For institusjonar som på sikt ikkje klarer å rekruttere studentar til grunnutdanninga av lærarar på linje med tidlegare opptak, vil departementet vurdere å flytte studiekapasitet og budsjettmidlar til institusjonar med god rekruttering. Tabellane nedanfor viser fastsette aktivitetskrav for universitet og statlege høgskolar.
Med reduksjonane i studieplassar er minimumskrava til opptak på enkelte av dei prioriterte utdanningane satt noko ned, sjå tabell over aktivitetskrav. Departementet foreslår at kravet til minimum opptak til vernepleierutdanninga blir redusert med ti studieplassar ved Høgskolen i Harstad. For ingeniørutdanninga ved høgskolane i Narvik og Ålesund og lærarutdanningane ved høgskolane i Nesna, Stord/Haugesund, Tromsø og Vestfold må krava til opptak også reduserast.
Aktivitetskrav universiteta i 2005
Utdanning | 60-studiepoengs- einingar som skal avleggjast første årstrinn |
---|---|
Medisin | 540 |
Farmasi | 81 |
Odontologi | 119 |
Psykologi | 195 |
Tannpleiarutdanning | 39 |
Aktivitetskrav statlege høgskolar i 2005
Utdanning | 60-studiepoengs- einingar som skal avleggjast første årstrinn |
---|---|
Sjukepleiarutdanning | 3 106 |
Fysioterapiutdanning | 274 |
Ergoterapiutdanning | 175 |
Radiografutdanning | 183 |
Reseptarutdanning | 61 |
Bioingeniør | 202 |
Audiografutdanning | 34 |
Vernepleiarutdanning | 590 |
Døvetolkutdanning | 52 |
Tannpleiarutdanning | 8 |
Tannteknikarutdanning | 21 |
Desentralisert utdanning
Desentraliserte studietilbod og fjernundervisning er eit viktig supplement til den ordinære drifta ved universitet og høgskolar. Ein av føresetnadene for fleksible studietilbod er at slike tilbod ikkje skal vere permanente, fordi det lokale behovet for studietilbod vil variere over tid. Organisering av fjernundervisning og desentralisert utdanning bør vere gjenstand for forhandlingar og samarbeid med lokale eller regionale aktørar, som til dømes studieforbund.
Frå 1. januar 2004 er Sentralorganet for fleksibel læring i høgre utdanning (SOFF) slått saman med Noregsuniversitetet. Det nye Noregsuniversitetet skal stimulere til utvikling av fleksibel og livslang læring i høgre utdanning, samt styrkje kontakten mellom arbeidsliv og høgre utdanning.
Frå 2004 vart midlar til desentralisert utdanning lagt inn i budsjettramma for den enkelte institusjon. Midlane til høgskolane i Gjøvik, Hedmark og Lillehammer til fleksible studietilbod i Oppland fylke, vart i statsbudsjettet for 2004 overførte til Kommunal- og regionaldepartementets budsjett, jf. St.prp. nr. 1 Tillegg nr. 3 (2003–2004) Forsøk med oppgavedifferensiering mv. Midlane vert disponerte av fylkeskommunen.
Kompetanseutvikling av lærarar
Ved behandling av Innst. S. nr. 268 (2003–2004), jf. St.meld. nr. 30 (2003–2004) Kultur for læring, har Stortinget gitt tilslutning til ei målretta satsing på kompetanseutvikling av lærarar, instruktørar og skoleleiarar, jf. kap. 226. Universitet og høgskolar skal medverke aktivt i denne prosessen, og må derfor samarbeide med skoleeigar, fylkesmannen og Utdanningsdirektoratet. Det må etablerast samarbeid og nettverk lokalt, regionalt og nasjonalt for å utvikle og gi relevante kompetansetilbod for reforma i grunnopplæringa og tilpassa behov i sektoren. Det må samarbeidast om både etter- og vidareutdanning, grunnutdanning, FoU og formidling. Institusjonane må arbeide for å koordinere studietilbod i grunn- og vidareutdanning der dette er føremålstenleg, for å kunne ha breidde i det samla regionale tilbodet. Institusjonane må i denne samanhengen sikre at fagpersonalet i lærarutdanninga har aktuell og relevant kompetanse til å følgje opp reformforslaga i grunnopplæringa og dei endringane som følgjer av mellom anna Nasjonalt system for kvalitetsvurdering. Utdanningsdirektoratet vil bli ein sentral partnar i det vidare arbeidet.
For å stimulere til kompetanseutvikling i skolen og i lærarutdanningsmiljøa, samt å betre kontakten mellom desse miljøa, prioriterar departementet ei ny satsing på 23 mill. kroner til eit yrkesretta FoU-program retta mot lærarutdannings-miljøa. Programmet vil bli utforma slik at prosjekt som får støtte skal vere eit samarbeid med skoleeigar. Sjå omtale under kap. 226.
Som oppfølging av Innst. S nr. 131, jf. St.meld. nr. 39 (2002–2004) Ei blot til lyst, vil departementet foreslå å tildele 6,5 mill. kroner for å sikre organiserte grupper av skoleelevar gratis inngang til Universitetsmusea.
Mål: Auka internasjonalt samarbeid
Kvalitetsreforma legg vekt på auka internasjonalt samarbeid for å styrkje kvaliteten i norsk forsking og utdanning. Vidare skal Kvalitetsreforma sikre at dei uteksaminerte kandidatane er kvalifiserte til å møte eit stadig meir internasjonalt samfunns- og arbeidsliv. Internasjonalt utdannings- og forskingssamarbeid er i tillegg eit sentralt satsingsområde for norsk bistandsarbeid.
Sentrale verkemiddel for å nå målet om auka internasjonalt samarbeid er aktiv deltaking i internasjonale utdannings- og forskingsprogram, samt samarbeid gjennom institusjonsavtaler med partnarinstitusjonar i andre land. Alle institusjonane skal derfor tilby dei studentane som ønskjer det eit studieopphald i utlandet som del av eit gradsstudium. Fleire lærestader har komme godt i gang med dette arbeidet. Det blir laga eigne planar for internasjonalisering, og det er oppretta einingar med ansvar for feltet. Statens lånekasse for utdanning har gode ordningar for studentar som studerer i utlandet. Sjå omtale under kategori 07.80. Førebels er det likevel for få norske studentar som reiser på studieopphald i utlandet som del av eit gradsstudium, og for få utanlandske studentar som kjem til Noreg. Aktiviteten må derfor aukast i tråd med krava i Kvalitetsreforma. Dei nye studietilboda med obligatoriske individuelle utdanningsplanar vart først oppretta frå hausten 2003. Effekten er enno ikkje fullt ut realisert. Institusjonane vart då pålagde å leggje eit frivillig utvekslingsopphald i utlandet inn i alle studietilboda. Dette vil gi auka mobilitet frå 2005.
Noreg tek saman med dei fleste europeiske land del i det internasjonale samarbeidet om Bologna-prosessen, som har som hovudmål å skape eit felles europeisk område for høgre utdanning. På ministermøtet i Berlin fekk Noreg hausten 2003 i oppgåve å arrangere den neste ministerkonferansen om Bologna-prosessen i Bergen i mai 2005. Fram til då er Noreg nestleiar i prosessen. Presidentskapen i EU er leiar. Departementet har oppretta eit sekretariat som planlegg Bergenskonferansen, og som også er sekretariat for leiinga av Bologna-prosessen i perioden 2003–05. Sjå også omtale under kategori 07.10.
Gjennom UNESCO har Noreg teke initiativ for å fremme kvalitetsutvikling innanfor høgre utdanning i dei fattigaste landa. Det kan skje ved styrking og utvikling av kvalitetssystem. Vidare kan det skje gjennom utvikling av standardar og retningslinjer for å verne mot transnasjonale tilbod av låg kvalitet eller tilbod utan godkjenning som høgre utdanning. Noreg tek del i dette arbeidet både gjennom støtte til UNESCO si oppfølging av resolusjonen Noreg fremma på generalkonferansen i 2003, og gjennom deltaking i ei arbeidsgruppe som OECD og UNESCO har skipa for å utvikle internasjonale retningslinjer på området.
Norske universitet og høgskolar er sterkt engasjerte i program for utviklingsbistand. Dette skjer gjennom deltaking i forskingssamarbeidet som NORAD har med institusjonar i utviklingsland, og gjennom stipendprogrammet til NORAD. Norske institusjonar er også engasjerte i anna direkte bistandsverksemd. I tillegg kjem kvoteprogrammet i Lånekassen som tillèt 700 studentar frå utviklingsland å ta studium i Noreg med sikte på å styrkje kompetansen i heimlandet. Sjå omtale under kategori 07.80.
Institusjonane har omfattande samarbeid gjennom internasjonale organisasjonar, større internasjonale fellessatsingar og program, samt gjennom bilaterale avtalar.
Det er eit mål at det kjem utanlandske studentar for å studere ved norske utdanningsinstitusjonar. Det gjer det norske studiemiljøet rikare. Norske studentar og lærarar kan knytte internasjonale band gjennom at institusjonane og fagmiljøa kjem i kontakt med kollegaer i andre land. I tillegg aukar det språklege mangfaldet, og norsk kultur og fagleg kompetanse blir spreidd. Alt dette tener kvalitetsmåla for norsk høgre utdanning, men berre dersom det skjer innanfor kapasitetsrammer og med eit godt mottaks- og integreringsapparat. Utdannings- og forskingsdepartementet vil følgje utviklinga i talet på utanlandske studentar utanom det planlagde utvekslingssamarbeidet til institusjonane.
Deltaking i EUs rammeprogram for forsking og utvikling er den største internasjonale satsinga på forsking som Noreg tek del i. Norsk deltaking i EUs femte rammeprogram for forsking og utvikling (1999–2002) har vorte evaluert. Evalueringa viser at rammeprogrammet er ein viktig samarbeidsarena især for universiteta og dei vitskaplege høgskolane. Det er eit mål at dei statlege høgskolane skal delta meir aktivt i dette samarbeidet. Norsk deltaking har vore rimeleg vellykka. Evalueringa viser at det kan vere naudsynt å koordinere nasjonale og europeiske forskingsstrategiar for å betre utbyttet av å delta i rammeprogramma. EUs sjette rammeprogram (2002–06) starta opp i 2003. Noreg deltek som medlem med fulle rettar. Førebels tal etter første omgang med søknadsvurdering viser at norske miljø vil delta aktivt i det nye rammeprogrammet. Sjette rammeprogram er eit viktig instrument i bygginga av eit integrert europeisk forskingsområde, European Research Area (ERA). For nærmare omtale av rammeprogramma, sjå kap. 288 post 73.
Noreg tek del i fleire internasjonale fellessatsingar innanfor grunnforsking. Til dømes det europeiske laboratoriet for molekylærbiologi (EMBL), som utfører avansert forsking innanfor molekylærbiologi og bioteknologi. Andre internasjonale fellessatsingar er det europeiske synkrotronstrålingsanlegget (ESRF), det europeiske senteret for kjernefysikk (CERN) og det internasjonale byrået for kreftforsking (IARC). Departementet meiner at institusjonane bør utnytte slike satsingar betre. Sjå omtale under kategori 07.70.
I finansieringssystemet er tildeling frå EU-rammeprogramma ein del av forskingskomponenten for universitet og vitskaplege høgskolar. Dette skal mellom anna stimulere til auka satsing på deltaking i EU-programma.
For å sikre best mogleg tilrettelegging av studentmobiliteten er det naudsynt å bruke innpassingssystemet ECTS (European Credit Transfer System) og det lovpålagde vitnemålstillegget Diploma Supplement (DS). I Erasmus-programmet blir det no tildelt både ein ECTS-merkelapp (ECTS label) og ein DS-merkelapp (DS label), som prov på integrert bruk av ECTS og DS ved den aktuelle høgskolen eller universitetet. Det er eit mål at flest mogleg av dei norske institusjonane får tildelt ECTS label og DS label. Bruk av ECTS og DS er i tillegg viktig for å følgje opp samarbeidet i Bologna-prosessen. Institusjonane må derfor prioritere dette.
Tal på innreisande og utreisande utvekslingsstudentar ved norske lærestader 20031
Sokrates/ Erasmus | NORDPLUS | Bilaterale avtalar | Andre program | Totalt | |
---|---|---|---|---|---|
Sum innreisande | 1 479 | 263 | 444 | 471 | 2 657 |
Sum utreisande | 1 076 | 249 | 1 123 | 330 | 2 778 |
1 Privat høgskolar er med i talgrunnlaget. Kvotestudentar er ikkje tekne med i tala. Desse utgjer 447 studentar.
Kilde: DBH.
Frå 1. januar 2004 har EU etablert eit nytt utdanningsprogram, Erasmus Mundus. Noreg har slutta seg til dette gjennom EØS-avtalen, jf. Innst. S. nr. 208 (2003–2004) og St.prp. nr. 60 (2003–2004) Om samtykke til godkjenning av avgjerd i EØS-komiteen nr. 66/2004 av 26. april 2004 om innlemming i EØS-avtala av Erasmus Mundus-programmet (2004–08). I Erasmus Mundus-programmet skal det etablerast konsortium av høgre utdanningsinstitusjonar som skal tilby felles mastergradsprogram, Erasmus Mundus mastergradar. Det skal også etablerast eit stipendprogram for studentar utanfor EU/EØS-området som skal studere ved dei høgre utdanningsinstitusjonane som tilbyr Erasmus Mundus mastergradar, jf. kap. 281 post 73. Norske universitet tek del i tre konsortium som tilbyr Erasmus Mundus mastergradsprogram i studieåret 2004–05.
Utveksling av fagleg personale for forsking, undervisning og anna utdanningssamarbeid er viktig. Særleg viktig er tilrettelegginga for at unge forskarar tidleg i karrieren knyter internasjonale kontaktar, og at utanlandske forskarar kan opphalde seg på institusjonane i kortare eller lengre periodar.
Eit nytt senter for internasjonalisering av høgre utdanning (SIU) vart etablert 1. januar 2004. Hovudoppgåva er å medverke til kompetanseoppbygging i internasjonaliseringsarbeidet for sektoren, samt å profilere norsk høgre utdanning i utlandet. Senteret skal forvalte internasjonale program (Sokrates, NUFU, stipendprogrammet til NORAD mfl.) og gi departementet råd. Sjå omtale under kap. 281 post 01. Senteret er oppretta som forvaltningsorgan under departementet med eige styre. Det er venta at SIU skal vere fullt ut operativt først frå årsskiftet 2004–05. Ein del tiltak er alt førte over til det nye organet frå Utdannings- og forskingsdepartementet. Institusjonane i sektoren dreg alt nytte av den styrkte kompetansen som blir bygd opp. Departementet foreslår å styrkje budsjettet til SIU med 1 mill. kroner i 2005. Sjå omtale under kap. 281 post 01.
Nordisk Ministerråd har vedteke at alle nordiske institutt blir overdregne til vertsnasjonane. Desse får auka ansvar for finansieringa av institutta. Frå 2005 til 2007 trappar Nordisk Ministerråd ned finansieringa til Nordisk samisk institutt, som no vert lagt til Samisk høgskole. Høgskolen har fått styrkt budsjettet i høve til dette, sjå omtale under kap. 274. Universitetet i Oslo har alt eit hovudansvar for Nordisk institutt for sjørett. Det er gjort avtale om at denne tilknytinga skal førast vidare.
Meir enn 16 000 norske studentar arbeidde mot å ta heile gradsutdanninga i utlandet i studieåret 2002–03. Av desse fekk over 13 000 gebyrstipend til skolepengar ved studiestader i utlandet, til saman drygt 530 mill. kroner. Noreg er såleis ein monaleg stor importør av utdanning.
Oppsummering av løyvingsforslag til institusjonane
Samla oversikt over budsjettforslaget for 2005 fordelt på komponentane i finansieringssystemet
(i 1 000 kr) | |||||||
---|---|---|---|---|---|---|---|
Utdanning | Forsking | Basis | Totalt | ||||
Institusjon | Studie- poeng | Utvekslingsstudentar | Strategiske forskings- midlar | Resultat- basert omfor- deling (RBO) | Tal på 60-studie poengs- einingar finansierte i basis1 | ||
Universitetet i Oslo | 675 214 | 3 958 | 452 096 | 351 146 | 1 696 373 | 3 178 787 | 14 618 |
Universitetet i Bergen | 422 920 | 3 769 | 251 586 | 211 330 | 992 787 | 1 882 391 | 7 625 |
Noregs teknisk- Naturvitskaplege universitet | 511 144 | 5 497 | 265 870 | 282 315 | 1 508 052 | 2 572 879 | 10 960 |
Universitetet i Tromsø | 172 271 | 896 | 136 227 | 107 909 | 687 832 | 1 105 136 | 2 751 |
Noregs handelshøgskole | 64 705 | 1 993 | 33 298 | 19 242 | 131 145 | 250 383 | 1 950 |
Arkitekthøgskolen i Oslo | 24 948 | 275 | 5 405 | 4 677 | 51 727 | 87 033 | 207 |
Noregs idrettshøgskole | 18 482 | 146 | 15 398 | 6 161 | 73 640 | 113 827 | 412 |
Noregs musikkhøgskole | 29 734 | 200 | 5 510 | 6 811 | 107 048 | 149 304 | 323 |
Høgskolen i Agder | 173 938 | 1 550 | 14 434 | 33 337 | 406 492 | 629 750 | 4 445 |
Høgskolen i Akershus | 64 778 | 108 | 3 152 | 8 035 | 135 140 | 211 213 | 1 671 |
Høgskolen i Bergen | 139 006 | 621 | 6 461 | 19 778 | 294 773 | 460 639 | 3 631 |
Høgskolen i Bodø | 81 299 | 497 | 10 707 | 17 582 | 231 556 | 341 642 | 2 450 |
Høgskolen i Buskerud | 52 305 | 49 | 5 958 | 11 370 | 127 330 | 197 011 | 1 692 |
Høgskolen i Finnmark | 34 563 | 200 | 2 935 | 7 902 | 111 569 | 157 169 | 1 164 |
Høgskolen i Gjøvik | 33 563 | 173 | 3 439 | 5 519 | 101 152 | 143 846 | 1 022 |
Høgskolen i Harstad | 23 283 | 292 | 2 648 | 3 041 | 70 631 | 99 895 | 655 |
Høgskolen i Hedmark | 92 191 | 205 | 6 027 | 13 927 | 198 528 | 310 878 | 2 563 |
Høgskolen i Lillehammer | 46 244 | 162 | 6 592 | 12 705 | 114 863 | 180 566 | 1 318 |
Høgskolen i Molde | 31 825 | 211 | 5 080 | 5 020 | 77 052 | 119 189 | 1 031 |
Høgskolen i Narvik | 25 382 | 794 | 4 804 | 6 147 | 105 593 | 142 720 | 523 |
Høgskolen i Nesna | 20 746 | 49 | 2 363 | 3 165 | 79 678 | 105 999 | 560 |
Høgskolen i Nord-Trøndelag | 74 832 | 59 | 4 594 | 12 525 | 208 635 | 300 645 | 2 057 |
Høgskolen i Oslo | 265 856 | 1 566 | 11 325 | 40 154 | 538 048 | 856 949 | 6 635 |
Høgskolen i Sogn og Fjordane | 60 520 | 189 | 3 944 | 9 813 | 146 616 | 221 081 | 1 693 |
Høgskolen i Stavanger | 162 584 | 410 | 18 353 | 36 213 | 414 016 | 631 576 | 4 219 |
Høgskolen Stord/Haugesund | 52 169 | 189 | 4 734 | 8 703 | 126 470 | 192 266 | 1 455 |
Høgskolen i Sør-Trøndelag | 164 150 | 481 | 7 885 | 22 096 | 312 543 | 507 155 | 4 950 |
Høgskolen i Telemark | 104 008 | 297 | 8 687 | 19 459 | 263 806 | 396 257 | 3 235 |
Høgskolen i Tromsø | 69 904 | 232 | 3 726 | 8 800 | 148 437 | 231 099 | 1 705 |
Høgskolen i Vestfold | 69 526 | 200 | 5 454 | 13 410 | 160 773 | 249 362 | 1 930 |
Høgskolen i Volda | 60 272 | 427 | 5 167 | 9 748 | 117 729 | 193 343 | 1 604 |
Høgskolen i Østfold | 89 344 | 481 | 5 454 | 14 403 | 270 290 | 379 973 | 2 562 |
Høgskolen i Ålesund | 32 852 | 367 | 2 579 | 4 522 | 86 022 | 126 342 | 891 |
Samisk høgskole | 3 164 | 32 | 2 588 | 1 888 | 26 067 | 33 739 | 85 |
Noregs landbrukshøgskole | 88 451 | 896 | 58 088 | 52 099 | 273 354 | 472 888 | 1 556 |
Noregs veterinærhøgskole | 34 322 | 97 | 26 902 | 20 838 | 118 638 | 200 798 | 241 |
Sum totalt | 4 070 496 | 27 567 | 1 409 473 | 1 411 791 | 10 514 403 | 17 433 730 | 96 393 |
1 Studiepoeng finansiert i basiskomponenten tilsvarar utgangsposisjonen ved etablering av finansieringssystemet justert for studieplassendringar.
Kap. 260 Universitetet i Oslo
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2003 | Saldert budsjett 2004 | Forslag 2005 |
50 | Statstilskott | 2 778 095 | 3 012 696 | 3 178 787 |
Sum kap. 260 | 2 778 095 | 3 012 696 | 3 178 787 |
I høve til 2004 er det gjort m.a. følgjande tekniske endringar:
Post 50 er redusert med 2,9 mill. kroner i samband med at forvaltningsansvaret for Senter for universitets- og høgskolesamarbeid med Frankrike (SUHF) og studiesenteret i Caen er flytta frå Universitetet i Oslo (UiO) til Senter for internasjonalisering av høgre utdanning (SIU) på kap. 281 post 01.
Post 50 er auka med 6,4 mill. kroner som kompensasjon for innføring av el-avgift, jf. St.meld. nr. 2 (2003–2004).
Resultatrapport for 2003–04
Utdanning
Talet på avlagde studiepoengseiningar har auka frå 2002 til 2003. Redusert strykprosent og mindre fråfall har ført til at avlagde studiepoengseiningar per student har auka frå 2002 til 2003. Delar av auken er eit resultat av tidsforskyving av avlagde studiepoengseiningar på grunn av omlegging av studieopplegga. Universitetet i Oslo har auke i talet på søkjarar til institusjonen.
Studentar og kandidatar i 2003
Opptak | Registrerte studentar | Uteksaminerte kandidatar | |||||||
---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
Lågare grad1 | Hovudfag/ master/ profesjon | Doktorgrad | |||||||
2003 | 2002 | 2003 | 2002 | 2003 | 2002 | 2003 | 2002 | 2003 | |
Det medisinske fakultetet | 388 | 1 884 | 2 054 | 91 | 92 | 215 | 232 | 84 | 73 |
(Av desse profesjonsstudium i medisin) | (204) | ( 1088) | (1 161) | (122) | (156) | ||||
Det odontologiske fakultetet | 103 | 365 | 406 | 50 | 51 | 3 | 7 | ||
(Av desse profesjonsstudium i odontologi) | (76) | (277) | (317) | (50) | (51) | ||||
Det matematisk-naturvitskaplege fakultetet | 2 043 | 4 688 | 4 529 | 1 467 | 1 417 | 303 | 348 | 58 | 68 |
(Av desse profesjonsstudium i farmasi) | (61) | (289) | (383) | (52) | (55) | ||||
Det historisk-filosofiske fakultetet | 4 449 | 6 652 | 7 776 | 2 366 | 3 247 | 322 | 322 | 34 | 23 |
Det samfunnsvitskaplege fakultetet | 3 911 | 5 739 | 6 400 | 1 887 | 2 480 | 385 | 365 | 37 | 37 |
(Av desse profesjonsstudium i psykologi) | (89) | (432) | (396)3 | (72) | (96) | ||||
Det juridiske fakultetet | 1 826 | 3 925 | 4 383 | 1 157 | 1 302 | 487 | 433 | 5 | 10 |
Det utdanningsvitskaplege fakultetet | 1 453 | 2 439 | 2 365 | 796 | 844 | 249 | 162 | 8 | 10 |
(Av desse praktisk-ped. utdanning) | (357) | (398) | (481) | (335) | (294) | ||||
Det teologiske fakultetet | 379 | 393 | 443 | 96 | 103 | 36 | 33 | 2 | 3 |
Examen philosophicum | 629 | 5874 | 7708 | 1 787 | 1 090 | ||||
Anna | 2 585 | 78 | 420 | 11 | 15 | 37 | |||
Sum | 17 766 | 32 0372 | 29 5464 | 9 6585 | 10 5906 | 2 047 | 1 946 | 231 | 234 |
1 Årseksamenar (60-studiepoengseiningar) på lågare grad. Personar som har bestått same eksamen tidlegare (gjentak), og personar utan studierett er ikkje med.
2 Av desse er 59,8 pst. kvinner. I tillegg er det registrert 394 personar utan studierett og 45 andre studentar. Doktorgradsstillingar er ikkje med i tala.
3 Reduksjonen i talet på registrerte studentar ved profesjonsstudium i psykologi kjem av endringar i studiemodell, samt at tilnærma eit heilt kull gjennomførte studiet eit halvt år tidlegare enn normert tid.
4 Av desse er 59,5 pst. kvinner. I tillegg er det registrert 267 personar utan studierett og 30 andre studentar. Doktorgradsstillingar er ikkje med i tala.
5 I tillegg er det avlagt 118 årseksamenar av personar utan studierett på lågare grad.
6 I tillegg er det avlagt 117 årseksamenar av personar utan studierett på lågare grad.
7 Det er rapportert to doktorgradskandidatar på naturhistorisk museum og Botanisk hage og ein kandidat på kulturhistorisk museum.
8 Reduksjon i talet på registrerte studentar kjem av endra rutinar for rapportering ved ex.phil.
Kilde: DBH.
Tabellen nedanfor syner det samla talet på avlagde studiepoengseiningar og talet på utvekslingsstudentar i 2003, og vidare kva dette utgjer i endring frå 2002. Denne endringa er grunnlaget for endring i budsjettet for 2005.
Resultat 2003 og grunnlag for endring av budsjett 2005
Tal på 60-studiepoengs- einingar 2003 | Grunnlag for endring av budsjett 2005 i høve til 2004 | Tal på utvekslings- studentar 2003 | Grunnlag for endring av budsjett 2005 i høve til 2004 |
---|---|---|---|
17 488 | 1 462 | 733 | -11 |
Ved alle universiteta er Kvalitetsreforma sett i verk frå hausten 2003, inkludert reglement for gradane bachelor og master, nytt karaktersystem og utdanningsplanar. Universitetet i Oslo har lagt vekt på å utvikle studium på tvers av fagområde og fakultet. Universitetet vil i tida framover følgje opp og evaluere det arbeidet som er gjort. Alle studieprogramma har lagt til rette for opphald i utlandet. Universitetet deltek aktivt i det nye utdanningsprogrammet Erasmus Mundus, som både er eit europeisk samarbeid om felles mastergradar, samt eit stipendprogram for studentar utanfor EU/EØS-området.
UiO har oppretta lærarutdanningsprogram i realfag, kultur, språk og samfunnsfag på tvers av fakulteta.
Endring i studieplassar i 2004
I statsbudsjettet for 2004 vart det lagt inn midlar til heilårseffekt og vidareføring av auka opptak knytt til 28 studieplassar i medisin og 13 studieplassar i psykologi.
Forsking
Universitetet i Oslo er ein institusjon med utdanningstilbod og forskingsaktivitet innanfor eit bredt spekter av fagområde. I 2003 har UiO satsa systematisk på investering i kvalitet ved å støtte dei tre sentra for framifrå forsking: Centre for Physics of Geological Processes (PGP), Centre of Mathematics for Applications (CMA) og Centre for Molecular Biology and Neuroscience (CMBN). UiO har også støtta resten av finalistane frå konkurransen om status som senter for framifrå forsking, og ein av finalistane er etablert som eit Nordic Centre of Excellence: Centre of Ecological and Evolutionary Synthesis (CEES). I tillegg prioriterer universitetet tre institusjonelle satsingsområde der det er ønskeleg å koordinere intern forsking og samstundes utvikle eksternt samarbeid. Dette gjeld etikkprogrammet, funksjonell genomforsking (FUGE/EMBIO), samt material- og nanoteknologi (FUNMAT).
UiO ønskjer å styrkje evna til å konkurrere om dugande forskarar frå både inn- og utland, og har i den samanhengen innført ekstra driftsmidlar og stipend til nytilsette forskarar.
I 2003 vart Universitet i Oslo medlem av Worldwide Universities Network (WUN). Det er eit globalt nettverk av universitet som skal fremme kvalitet og innovasjon, samt utvikle samarbeid mellom leiande forskarar innanfor nye fagområde av global tyding. Vidare har UiO styrkt samarbeidet med andre nasjonale forskingsinstitusjonar innanfor ramma av FUNMAT og FUGE.
Det er gjennomført fleire evalueringar ved Universitetet i Oslo, mellom anna av Noregs forskingsråd. Evalueringane ved alle universiteta viser at institusjonane har forskarar og fagmiljø som held høg internasjonal standard, men at kvaliteten på forskinga varierer. Departementet føreset at universitetet følgjer opp evalueringane med relevante tiltak.
Samla tal på publikasjonar auka frå 2002 til 2003. Tal for vitskaplege publikasjonar i 2003 kan ikkje direkte samanliknast med 2002 på grunn av overgang til ny forskingsdatabase. Dette gjeld i særleg grad data om artiklar i nasjonale tidsskrift med fagfellevurdering.
Vitskaplege publikasjonar 1999–2003
1999 | 2000 | 2001 | 2002 | 2003 | |
---|---|---|---|---|---|
Artiklar i internasjonale vitskaplege tidsskrift | 2 099 | 2 008 | 1 883 | 2 027 | 2 546 |
Artiklar i nasjonale vitskaplege tidsskrift | 682 | 604 | 382 | 426 | 116 |
Faglege bøker/lærebøker | 257 | 579 | 231 | 278 | 506 |
Kapittel i faglege bøker/lærebøker | 799 | 768 | 909 | 810 | 943 |
Totalt | 3 837 | 3 959 | 3 405 | 3 541 | 4 111 |
Formidling
Universitetet i Oslo legg vekt på å formidle forskingsresultat til allmenta og ulike interessegrupper. Dette skjer mellom anna gjennom publisering i vitskaplege tidsskrift, bøker, populærvitskaplege forelesingar, konferansar, museumsverksemd og ustillingar. Universitetet arbeider aktivt i høve til media og prioriterer deltaking i den offentlege debatten.
Universitetet sitt kulturhistoriske museum (UKM) med Historisk museum og Vikingskiphuset er det mest vitja museet i Noreg. Det naturhistoriske museum og botaniske hage (UNM) ved UiO er det største arkivet i landet for botaniske, zoologiske og geologiske data. Samlingane skal tene som basis for forsking, undervisning og formidling. Universitetsmusea forvaltar ei mengd unike og kostbare gjenstandar, kulturgjenstandar og vitskapleg materiale som inngår i samlingane, og som blir oppbevarte i magasin og utstillingar for publikum. Universitetet i Oslo har etterslep i arbeidet med dokumentasjon, sikring og bevaring av samlingar. Departementet har både i 2002 og 2003 tildelt ekstraordinære midlar til sikring og bevaring av samlingane til universitetsmusea. Begge musea ved Universitetet i Oslo er i gang med prosjekt for å betre tilhøva ved samlingane.
Universitetet i Oslo har omfattande samarbeid med samfunns- og næringsliv, og både den eksternt finansierte verksemda og aktiviteten i randsona har auka frå 2002 til 2003.
For å følgje opp endringane i arbeidstakaroppfinningslova har universitetet oppretta ei eiga eining for kommersialisering av forskingsresultat.
Resultatmål for 2005
Universitetet i Oslo skal:
følgje opp måla i Kvalitetsreforma
auke samarbeidet med samfunns- og næringsliv med omsyn til innovasjon, forsking og studietilbod, inkludert etter- og vidareutdanning
auke omfanget av og kvaliteten på vitskaplege publiseringar
auke aktivitetsnivået når det gjeld student- og forskarutveksling og anna internasjonalt samarbeid
utnytte den studiekapasiteten universitetet har løyving for
Budsjettforslag for 2005
Løyvinga under post 50 skal dekkje driftsutgifter, større utstyrskjøp, bygg og vedlikehald, kjøp av eigedom og refusjon for bruk av sjukehus.
Løyvinga til Universitetet i Oslo er auka med 61,9 mill. kroner etter at talet på avlagde 60-studiepoengseiningar er auka med 1 462 og talet på utvekslingsstudentar er redusert med elleve.
Resultatbasert løyving
(i 1 000 kr) | |||||||
---|---|---|---|---|---|---|---|
Utteljing kategori A | Utteljing kategori B | Utteljing kategori C | Utteljing kategori D | Utteljing kategori E | Utteljing kategori F | Utteljing utvekslings-studentar | Sum |
18 632 | 6 704 | 8 955 | 4 587 | -1 666 | 24 775 | -59 | 61 927 |
Utteljinga til Universitetet i Oslo i den resultatbaserte omfordelinga av forskingsmidlar blir redusert med 5,5 mill. kroner frå 2004 til 2005.
Regjeringa foreslår ein reduksjon av budsjettramma for universitet og høgskolar på totalt 78 mill. kroner knytt til reduksjon av studieplassar. Reduksjonen ved Universitetet i Oslo utgjer 13,3 mill. kroner, tilsvarande 683 studieplassar (60-studiepoengseiningar) dersom reduksjonar tas i dei minst kostnadskrevjande studia.
Regjeringa foreslår å opprette 100 nye doktorgradsstillingar i 2005, jf. kategoriinnleiinga. Midlar til 25 doktorgradsstillingar er foreslått lagt inn i budsjettramma til Universitetet i Oslo med verknad frå hausten 2005. For 55 doktorgradsstillingar tildelte i 2004 er det lagt inn midlar til heilårseffekt i 2005.
Det er lagt inn 1,5 mill. kroner til heilårseffekt og vidareføring av auka opptak knytt til 13 studieplassar i psykologi. Det er lagt inn heilårseffekt og vidareføring av auka opptak på 28 studieplassar i medisin.
Regjeringa foreslår å auke løyvinga til Senter for studiar av Holocaust og livssynsminoritetars stilling i Noreg (HL senteret) med 14 mill. kroner slik at senteret i 2005 får eit samla driftstilskott på 17 mill. kroner inkludert husleige. Senteret driv verksemd knytt til forsking, undervisning og formidling på områda holocaust, folkemord, menneskerettar og minoritetsspørsmål. Barn og unge er ei særskild målgruppe for verksemda ved senteret. HL senteret held til i mellombels lokale ved Universitetet i Oslo, men vil i 2005 flytte til eit nyrehabilitert Villa Grande. Regjeringa sitt mål er å gjere Villa Grande til eit kraftsentrum for førebyggjande arbeid mot rasisme, diskriminering og brot på menneskerettar. Som følgje av at resterande midlar til utstyr til byggeprosjektet Villa Grande vart løyvd i 2004 er budsjettramma redusert med ti mill. kroner i 2005.
I samband med gjenopprettinga av universitetsfunksjonen ved Akershus Universitetssjukehus er det trekt ut 8,7 mill. kroner på grunn av utfasing av byggekostnader.
Universitetet i Oslo kan nytte inntekter frå sal av eigedommar til kjøp, vedlikehald og bygging av andre lokale til undervisnings- og forskingsformål ved universitetet, sjå forslag til vedtak II nr. 3.
Utdannings- og forskingsdepartementet kan gi Universitetet i Oslo utvida fullmakter i høve til eksternt finansiert verksemd, sjå forslag til vedtak IV nr. 4.
Kap. 261 Universitetet i Bergen
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2003 | Saldert budsjett 2004 | Forslag 2005 |
50 | Statstilskott | 1 621 776 | 1 763 386 | 1 882 391 |
Sum kap. 261 | 1 621 776 | 1 763 386 | 1 882 391 |
I høve til 2004 er det gjort ei teknisk endring ved at post 50 er auka med 3,7 mill. kroner som kompensasjon for innføring av el-avgift, jf. St.meld. nr. 2 (2003–2004).
Resultatrapport for 2003–04
Utdanning
Universitetet i Bergen har hatt auke i talet på både registrerte studentar og uteksaminerte kandidatar. Ei viktig årsak til auken i talet på registrerte studentar er at færre studentar enn tidlegare har avbrote utdanninga. Universitetet i Bergen har også hatt auke i avlagde studiepoeng per student, mellom anna som følgje av lågare strykprosent i 2003 enn i 2002. Talet på søkjarar til institusjonen har auka frå 2002 til 2003.
Studentar og kandidatar i 2003
Opptak | Registrerte studentar | Uteksaminerte kandidatar | |||||||
---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
Lågare grad1 | Hovudfag/ master/ profesjon | Doktorgrad | |||||||
2003 | 2002 | 2003 | 2002 | 2003 | 2002 | 2003 | 2002 | 2003 | |
Det medisinske fakultet | 333 | 1 294 | 1 294 | 29 | 20 | 178 | 200 | 38 | 36 |
(Av desse profesjonsstudium medisin) | (162) | (987) | (992) | (131) | (139) | ||||
Det odontologiske fakultet | 88 | 346 | 352 | 63 | 54 | 3 | 4 | ||
(Av desse profesjonsstudium odontologi) | (55) | (271) | (278) | (45) | (38) | ||||
Det matematisk-natur- vitskaplege fakultet | 2 000 | 2 354 | 2 519 | 858 | 919 | 182 | 189 | 66 | 63 |
Det historisk-filosofiske fakultet | 2 575 | 4 475 | 4 563 | 1 751 | 1 866 | 191 | 175 | 22 | 16 |
Det samfunnsvitskaplege fakultet | 1 918 | 3 167 | 3 275 | 1 374 | 1 421 | 181 | 199 | 16 | 22 |
Det psykologiske fakultet | 1790 | 2 450 | 2 730 | 903 | 985 | 60 | 76 | 11 | 8 |
(Av desse profesjonsstudium psykologi) | (90) | (384) | (390) | (56) | (71) | ||||
(Av desse praktisk-ped. utdanning) | (95) | (107) | (122) | (112) | (113) | ||||
Det juridiske fakultet | 1 105 | 1 996 | 2 042 | 362 | 318 | 219 | 191 | 1 | 3 |
Examen philosophicum | 446 | 607 | 310 | 490 | 463 | ||||
Stiftelsen universitetsforsking Bergen | 1 | ||||||||
Anna | 25 | 33 | 103 | ||||||
(Av desse profesjonsstudium i farmasi) | (25) | (25) | |||||||
Sum | 10 280 | 16 7222 | 17 1883 | 5 7674 | 5 9925 | 1 074 | 1 084 | 157 | 153 |
1 Årseksamenar (60-studiepoengseiningar) på lågare grad. Personar som har bestått same eksamen tidlegare (gjentak), og personar utan studierett er ikkje med.
2 Av desse er 58,6 pst. kvinner. I tillegg er det registrert 300 personar utan studierett, samt 56 andre studentar. Doktorgradsstillingar er ikkje med i tala.
3 Av desse er 57,9 pst. kvinner. I tillegg er det registrert 296 personar utan studierett, samt 47 andre studentar. Doktorgradsstillingar er ikkje med i tala.
4 I tillegg er det avlagt 146 årseksamenar av personar utan studierett på lågare grad og 12 årseksamenar av andre studentar.
5 I tillegg er det avlagt 190 årseksamenar av personar utan studierett på lågare grad og 14 årseksamenar av andre studentar.
Kilde: DBH.
Tabellen nedanfor viser det samla talet på avlagde studiepoengseiningar og talet på utvekslingsstudentar i 2003, og vidare kva dette utgjer i endring frå 2002. Denne endringa er grunnlaget for endring i budsjettet for 2005.
Resultat 2003 og grunnlag for endring av budsjett 2005
Tal på 60-studiepoengs- einingar 2003 | Grunnlag for endring av budsjett 2005 i høve til 2004 | Tal på utvekslings- studentar 2003 | Grunnlag for endring av budsjett 2005 i høve til 2004 |
---|---|---|---|
10 536 | 692 | 698 | 87 |
Alle universiteta har sett i verk Kvalitetsreforma frå hausten 2003, inkludert reglement for gradane bachelor og master, nytt karaktersystem og utdanningsplanar. Universitetet tilbyr tett studentoppfølging og nye vurderingsformer for alle førstesemesterstudentane etter modell av tidlegare vellykka forsøk. Universitetet vil i tida framover følgje opp og evaluere det arbeidet som er gjort. Universitetet har eit stort internasjonalt engasjement og hadde høgre internasjonal studentmobilitet i 2003 enn i 2002.
Frå hausten 2004 tilbyr universitetet femårige integrerte lærarutdanningsprogram som gir mastergrad i naturvitskap eller kultur og samfunnsvitskap.
Ansvaret for forvaltning av tilskottet til Ole Bull Akademiet vart overført til Universitetet i Bergen i 2004.
Endring i talet på studieplassar i 2004
Talet på studieplassar vart ikkje endra i statsbudsjettet for 2004.
Forsking
Mykje av forskinga ved Universitetet i Bergen byggjer på naturgitte føresetnader og faglege tradisjonar som er særmerkte for Bergen. Dette gjeld til dømes marin forsking, klimaforsking og molekylærbiologi. Andre tyngdepunkt med kortare historie er til dømes internasjonal forsking med fokus på land i den tredje verda, IKT-forsking samt kvinne- og kjønnsforsking.
Universitetet satsar målretta og har lagt ned eit stort strategisk arbeid med å etablere solide forskingsmiljø. Satsinga skal gjere det mogleg å følgje opp fagmiljøa i sentra for framifrå forsking (petroleumsforsking, mellomalderforsking og klimaforsking), FUGE-satsinga, miljø som får tilslag på store EU-prosjekt, og gode miljø for forskarutdanning.
Det er gjennomført fleire evalueringar ved Universitetet i Bergen, mellom anna av Noregs forskingsråd. Evalueringar ved alle universiteta viser at institusjonane har forskarar og forskingsgrupper som held god internasjonal standard, men også at nivået varierer. Departementet føreset at universitetet følgjer opp evalueringane med relevante tiltak.
Talet på rapporterte publikasjonar har minka frå 2002 til 2003. Årsaka til nedgangen kan vere betre datakvalitet ved at universitetet i større grad enn tidlegare har fanga opp publikasjonar med fleire forfattarar som tidlegare vart registrerte fleire gongar.
Vitskaplege publikasjonar 1999–2003
1999 | 2000 | 2001 | 2002 | 2003 | |
---|---|---|---|---|---|
Artiklar i internasjonale vitskaplege tidsskrift | 1 194 | 1 248 | 1 259 | 1 198 | 1200 |
Artiklar i nasjonale vitskaplege tidsskrift | 127 | 228 | 152 | 122 | 95 |
Faglege bøker/lærebøker | 154 | 125 | 123 | 147 | 135 |
Kapittel i faglege bøker/lærebøker | 373 | 343 | 371 | 522 | 437 |
Totalt | 1 848 | 1 944 | 1 905 | 1 989 | 1 867 |
Formidling
Universitetet i Bergen hadde omfattande formidlingsverksemd i 2003. Forskingsresultat blir formidla mellom anna gjennom deltaking i prosjekt, utval og komitear, gjennom publikasjonar, populærvitskaplege foredrag, artiklar og TV-produksjonar, deltaking i samfunnsdebatt, kommersialisering og nyskaping. Universitetet har eit omfattande samarbeid med samfunns- og næringsliv, og både den eksternt finansierte verksemda og aktiviteten i randsona har auka frå 2002 til 2003.
Universitetsmusea forvaltar unike og kostbare gjenstandar, kulturgjenstandar og vitskapleg materiale som inngår i samlingane, og som blir oppbevarte i magasin og publikumsutstillingar. Riksrevisjonen har peika på etterslep i arbeidet med dokumentasjon, sikring og bevaring av samlingar ved fleire statlege museum, m.a. Bergen Museum. Departementet har både i 2002 og 2003 tildelt ekstraordinære midlar til sikring og bevaring av samlingane ved universitetsmusea. Bergen Museum er i gang med å betre tilhøva.
Universitetet har oppretta ei eiga eining for kommersialisering av forskingsresultat for å følgje opp endringane i arbeidstakaroppfinningslova.
Resultatmål for 2005
Universitetet i Bergen skal:
følgje opp måla i Kvalitetsreforma
auke samarbeidet med samfunns- og næringsliv med omsyn til innovasjon, forsking og studietilbod, inkludert etter- og vidareutdanning
auke omfanget av og kvaliteten på vitskaplege publiseringar
auke aktivitetsnivået når det gjeld student- og forskarutveksling og anna internasjonalt samarbeid
utnytte den studiekapasiteten universitetet har løyving for
Budsjettforslag for 2005
Løyvinga under post 50 skal dekkje driftsutgifter, større utstyrskjøp, bygg og vedlikehald, kjøp av eigedom og refusjon for bruk av sjukehus.
Løyvinga til Universitetet i Bergen er auka med 22,3 mill. kroner i høve til 2004 etter at talet på avlagde 60-studiepoengseiningar er auka med 692 og talet på utvekslingsstudentar er auka med 87.
Resultatbasert løyving
(i 1 000 kroner) | |||||||
---|---|---|---|---|---|---|---|
Utteljing kategori A | Utteljing kategori B | Utteljing kategori C | Utteljing kategori D | Utteljing kategori E | Utteljing kategori F | Utteljing utvekslings- studentar | Sum |
-2 066 | -616 | 4 601 | 7 240 | 6 310 | 6 336 | 470 | 22 274 |
Utteljinga til Universitetet i Bergen i den resultatbaserte omfordelinga av forskingsmidlar aukar med kr 543 000 frå 2004 til 2005.
Regjeringa foreslår ein reduksjon av budsjettramma for universitet og høgskolar på totalt 78 mill. kroner knytt til reduksjon av studieplassar. Reduksjonen ved Universitetet i Bergen utgjer 7,8 mill. kroner, tilsvarande 400 studieplassar (60-studiepoengseiningar) dersom reduksjonen tas i dei minst kostnadskrevjande studia.
Regjeringa foreslår å opprette 100 nye doktorgradsstillingar i 2005, jf. kategoriinnleiinga. Midlar til 14 doktorgradsstillingar er foreslått lagde inn i budsjettramma til Universitetet i Bergen med verknad frå hausten 2005. For 30 doktorgradsstillingar tildelte i 2004 er det lagt inn midlar til heilårseffekt i 2005.
I samband med bygging av nytt studentsenter er budsjettramma auka med 28 mill. kroner til utstyr.
Universitetet i Bergen kan nytte inntekter frå sal av eigedommar til kjøp, vedlikehald og bygging av andre lokale til undervisnings- og forskingsformål ved universitetet, sjå forslag til vedtak II nr. 3.
Utdannings- og forskingsdepartementet kan gi Universitetet i Bergen utvida fullmakter i høve til eksternt finansiert verksemd, sjå forslag til vedtak IV nr. 4.
Kap. 262 Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2003 | Saldert budsjett 2004 | Forslag 2005 |
50 | Statstilskott | 2 230 439 | 2 397 168 | 2 572 879 |
Sum kap. 262 | 2 230 439 | 2 397 168 | 2 572 879 |
I høve til 2004 er det gjort m.a. følgjande tekniske endringar:
Budsjettramma er auka med 6,5 mill. kroner i samband med overføringa av forskingsavdelinga ved Vaksenopplæringsinstituttet (Vox) til Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet (NTNU). Løyvinga på kategori 07.50 er redusert tilsvarande, sjå omtale under kap. 256 og kap. 3256.
Budsjettramma er auka med kr 785 000 i samband med overføring av pensjonsutgiftene til forskingsavdelinga ved Vox til NTNU. Kap. 1542 post 01 er redusert tilsvarande.
Post 50 er auka med 5,1 mill. kroner som kompensasjon for innføring av el-avgift, jf. St.meld. nr. 2 (2003–2004).
Resultatrapport 2003–04
Utdanning
NTNU har hatt ei auke i både registrerte studentar og i uteksaminerte kandidatar. Etter ei stor auke i avlagde studiepoengseiningar per student fram til 2002 gjekk talet på avlagde studiepoengseiningar per student marginalt ned frå 2002 til 2003. Det har vore nedgang i søkninga til realfag og teknologiutdanningane, medan søkninga til samfunnsvitskaplege og historiske fag har auka.
Studentar og kandidatar i 2003
Opptak | Registrerte studentar | Uteksaminerte kandidatar | |||||||
---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
Lågare grad1 | Hovudfag/ master/ profesjon | Doktorgrad | |||||||
2003 | 2002 | 2003 | 2002 | 2003 | 2002 | 2003 | 2002 | 2003 | |
Det medisinske fakultetet | 115 | 589 | 636 | 2 | 6 | 71 | 91 | 15 | 19 |
(Av desse profesjonsstudium medisin) | (104) | (568) | (579) | (71) | (91) | ||||
Det historisk-filosofiske fakultetet | 1 319 | 2 805 | 3 128 | 1 552 | 1 768 | 148 | 109 | 16 | 20 |
Fakultet for samf.vitsk. og teknisk leiing | 2 419 | 6 273 | 6 394 | 2 358 | 2 392 | 299 | 325 | 20 | 29 |
(Av desse profesjonsstudium psykologi) | (26) | (258) | (267) | (29) | (38) | ||||
(Av desse master i teknologi/siv.ing.) | (110) | (593) | (625) | (80) | (94) | ||||
(Av desse praktisk-pedagogisk utd.) | (170) | (253) | (280) | (117) | (131) | ||||
Fakultet for ark.,plan og biletkunst | 75 | 504 | 508 | 84 | 75 | 5 | 6 | ||
(Av desse siv.ark) | (75) | (408) | (410) | ||||||
Fakultet med realfag/teknologi2 | 2 157 | 7 988 | 7 748 | 653 | 607 | 1 066 | 1 103 | 147 | 121 |
(Av desse siv.ing.) | (1360) | (5900) | (5937) | (993) | (983) | ||||
Examen philosophicum3 | 311 | 750 | 105 | 601 | 526 | ||||
Anna4 | 572 | 880 | |||||||
Sum | 6 968 | 18 9095 | 19 3996 | 5 166 | 5 299 | 1 668 | 1 703 | 203 | 195 |
1 Årseksamenar (60-studiepoengseiningar) på lågare grad. Personar som har bestått eksamen tidlegare (gjentak), og personar utan studierett er ikkje med.
2 Her inngår studenttal for følgjande fakultet: Fakultetet for ingeniørvitskap og teknologi, Fakultetet for naturvitskap og teknologi, og Fakultetet for informasjonsteknologi, matematikk og elektronikk.
3 Tala syner opptak, registrerte studentar og kandidatar av lågare grad ved ex.phil. som er trekte ut frå Det historisk-filosofiske fakultetet. Nedgangen i talet på registrerte studentar frå 2002 til 2003 har årsak i at ex.phil. frå og med 2003 ikkje lenger er knytt til Det historisk-filosofiske fakultetet, men er spreidd på fleire fakultet.
4 Uspesifisert undereining.
5 Av totaltala er 47,9 pst. kvinner. I tillegg er det registrert 14 personar utan studierett.
6 Av totaltala er 47,3 pst. kvinner. I tillegg er det registrert 21 personar utan studierett.
Kilde: DBH
Tabellen nedanfor syner det samla talet på avlagde studiepoengseiningar og talet på utvekslingsstudentar i 2003, og vidare kva dette utgjer i endring frå 2002. Denne endringa er grunnlaget for endring i budsjettet for 2005.
Resultat 2003 og grunnlag for endring av budsjett 2005
Tal på 60-studiepoengs- einingar 2003 | Grunnlag for endring av budsjett 2005 i høve til 2004 | Tal på utvekslings- studentar 2003 | Grunnlag for endring av budsjett 2005 i høve til 2004 |
---|---|---|---|
13 014 | 173 | 1 018 | 142 |
Alle universiteta har sett i verk Kvalitetsreforma frå hausten 2003, inkludert reglement for gradane bachelor og master, nytt karaktersystem og utdanningsplanar. NTNU har følgt opp reforma med fagleg-pedagogisk utviklingsarbeid. Det er oppretta fem læringsarenaer som skal utvikle og spreie erfaringar i alternative lærings- og vurderingsformer blant faglærarar. Universitetet vil i tida framover følgje opp og evaluere arbeidet som er gjort. NTNU har hatt auke i talet på utvekslingsstudentar frå 2002 til 2003, og deltek aktivt i ulike internasjonale utdanningsprogram.
NTNU tilbyr fem ulike femårige integrerte lærarutdanningsprogram.
To av dei tre nasjonale sentra for realfag, som er ein del av realfagssatsinga til Regjeringa for 2002–07, er lokaliserte ved NTNU. NTNU arbeider med å styrkje rekrutteringa til realfag og teknologiutdanningane. Universitetet har mellom anna utarbeidd målretta tiltak som skolevitjing, annonsering og fadderordning for kvinner.
Endring i talet på studieplassar i 2004
I statsbudsjettet for 2004 vart det lagt inn midlar til heilårseffekt og vidareføring av auka opptak knytt til ni studieplassar i medisin og 33 studieplassar i sivilingeniørutdanninga. NTNU administrerer ordninga med kjøp av utanlandsplassar i medisin. I samband med vedtaket om å føre studieplassar i medisin over til Noreg frå opptak i utlandet er opptaket til utanlandsplassane avvikla. I samband med dette vart det lagt inn ytterlegare auka opptak på 20 ordinære studieplassar i medisin ved NTNU.
Forsking
Innanfor den teknisk-naturvitskaplege hovudprofilen har NTNU etablert fem tematiske satsingsområde: energi og miljø, informasjons- og kommunikasjonsteknologi, marin og maritim forsking, materiale og medisinsk teknologi. Våren 2003 etablerte NTNU eit nytt, sjette satsingsområde, globalisering, som er tverrfagleg og omfattar både humaniora, samfunnsfag og teknologifag. Universitetet har inngått formelt samarbeid med forskingsinstituttet SINTEF om fem Gemini-senter, som i stor grad er innanfor dei tematiske satsingsområda. NTNU og SINTEF har vidareutvikla samarbeidet i 2004.
NTNU har tre senter for framifrå forsking (SFF) innanfor tenestekvalitet i datakommunikasjon, skip og havstrukturar, samt hukommelsesbiologi.
Det er gjennomført fleire evalueringar ved NTNU, mellom anna av Noregs forskingsråd. Evalueringane ved alle universiteta viser at institusjonane har forskarar og fagmiljø som held høg internasjonal standard, men at kvaliteten på forskinga varierer. Departementet føreset at universitetet følgjer opp evalueringane med relevante tiltak.
Talet på vitskaplege publikasjonar har gått opp i perioden 1999–2003.
Vitskaplege publikasjonar 1998–2003
1999 | 2000 | 2001 | 2002 | 2003 | |
---|---|---|---|---|---|
Artiklar i internasjonale vitskaplege tidsskrift | 879 | 858 | 955 | 953 | 974 |
Artiklar i nasjonale vitskaplege tidsskrift | 100 | 129 | 119 | 115 | 126 |
Faglege bøker/lærebøker | 108 | 139 | 136 | 146 | 139 |
Kapittel i faglege bøker/lærebøker | 242 | 267 | 226 | 243 | 293 |
Totalt | 1 329 | 1 393 | 1 436 | 1 457 | 1 532 |
Formidling
NTNU legg vekt på å sjå formidlingstiltaka som ei forlenging av forskingsverksemda. Formidling skjer gjennom mellom anna publisering i vitskaplege tidsskrift, bøker, populærvitskaplege forelesingar, konferansar, museumsverksemd og utstillingar.
Dei vitskaplege samlingane er basis for verksemda ved Vitskapsmuseet. Samlingane er resultat av vitskaplege undersøkingar, og dei skal vere tilgjengelege for brukarar innanfor forsking, forvalting og samfunnet elles. Universitetsmusea forvaltar ei mengd unike og kostbare gjenstandar, kulturgjenstandar og vitskapleg materiale. Vitskaps-museet har rapportert om etterslep i arbeidet med dokumentasjon, sikring og bevaring av samlingane. Departementet har både i 2002 og 2003 tildelt ekstraordinære midlar til sikring og bevaring av samlingane til universitetsmusea. Midlane er mellom anna sett inn i arbeidet med gjennomgang, konservering, pakking og sikring av gjenstandsmateriale og objekt.
Universitetet har omfattande samarbeid med samfunns- og næringsliv, og både den eksternt finansierte verksemda og aktiviteten i randsona har auka frå 2002 til 2003.
For å følgje opp endringane i arbeidstakaroppfinningslova har NTNU oppretta ei eiga eining for kommersialisering av forskingsresultat.
Resultatmål for 2005
Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet skal:
følgje opp måla i Kvalitetsreforma
auke samarbeidet med samfunns- og næringsliv med omsyn til innovasjon, forsking og studietilbod, inkludert etter- og vidareutdanning
auke omfanget av og kvaliteten på vitskaplege publiseringar
auke aktivitetsnivået når det gjeld student- og forskarutveksling og anna internasjonalt samarbeid
utnytte den studiekapasiteten universitetet har løyving for
Budsjettforslag for 2005
Løyvinga under post 50 skal dekkje driftsutgifter, større utstyrskjøp, bygg og vedlikehald, kjøp av eigedom og refusjon for bruk av sjukehus.
Løyvinga til Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet er auka med 13,5 mill. kroner etter at talet på avlagde 60-studiepoengseiningar er auka med 173, og talet på utvekslingsstudentar er auka med 142. Sjå elles omtale av finansieringssystemet under kategoriinnleiinga.
Resultatbasert løyving
(i 1 000 kr) | |||||||
---|---|---|---|---|---|---|---|
Utteljing kategori A | Utteljing kategori B | Utteljing kategori C | Utteljing kategori D | Utteljing kategori E | Utteljing kategori F | Utteljing utvekslings-studentar | Sum |
6 260 | 5 412 | 1 384 | -1 048 | -2 167 | 2 877 | 767 | 13 485 |
Utteljinga til NTNU i den resultatbaserte omfordelinga av forskingsmidlar aukar med kr 463 000 frå 2004 til 2005.
Regjeringa foreslår ein reduksjon av budsjettramma for universitet og høgskolar på totalt 78 mill. kroner knytt til reduksjon av talet på studieplassar. Reduksjonen ved NTNU utgjer 10,6 mill. kroner, tilsvarande 544 studieplassar (60-studiepoengseiningar) dersom reduksjonen tas i dei minst kostnadskrevjande studia.
Regjeringa foreslår å opprette 100 nye doktorgradsstillingar i 2005, jf. kategoriinnleiinga. Midlar til 17 doktorgradsstillingar er foreslått lagt inn i budsjettramma til NTNU med verknad frå hausten 2005. For 34 doktorgradsstillingar tildelte i 2004 er det lagde inn midlar til heilårseffekt i 2005.
Budsjettramma er redusert med 11,2 mill. kroner i samband med at resterande midlar til restprosjekta ved NTNU vart løyvde i 2004.
Budsjettramma er auka med 85 mill. kroner til kjøp av utstyr til ny universitetsklinikk i Trondheim.
NTNU administrerer ordninga med utanlandsplassar i medisin. I samband med avvikling av opptak i utlandet har Universitetet i Oslo, Universitetet i Tromsø og NTNU auka opptak på ordinære studieplassar i medisin. Budsjettramma ved NTNU er justert i samsvar med dette. Det er lagt inn ei vidareføring av auka opptak på 20 ordinære studieplassar i medisin ved NTNU.
Budsjettramma til NTNU er auka med kr 724 000 til etterutdanning av kunstnarar. Sjå omtale under kap. 281.
Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet kan nytte inntekter frå sal av eigedommar til kjøp, vedlikehald og bygging av andre lokale til undervisnings- og forskingsformål ved universitetet, sjå forslag til vedtak II nr. 3.
Utdannings- og forskingsdepartementet kan gi Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet utvida fullmakter i høve til eksternt finansiert verksemd, sjå forslag til vedtak IV nr. 4.
Kap. 263 Universitetet i Tromsø
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2003 | Saldert budsjett 2004 | Forslag 2005 |
50 | Statstilskott | 983 359 | 1 077 008 | 1 105 136 |
Sum kap. 263 | 983 359 | 1 077 008 | 1 105 136 |
I høve til 2004 er det gjort ei teknisk endring ved at post 50 er auka med 2,3 mill. kroner som kompensasjon for innføring av el-avgift, jf. St.meld. nr. 2 (2003–2004).
Resultatrapport for 2003–04
Utdanning
Universitetet i Tromsø har hatt reduksjon i talet på registerte studentar, men har hatt auke i talet på kandidatar. Universitetet gjekk i samband med innføring av Kvalitetsreforma gjennom studierettar for registrerte studentar, og studentane måtte gjere eit aktivt val i forhold til tilknyting til institusjonen. Det er fråfall frå nokre av desse studentane som er årsak til nedgang i det totale studenttalet. Universitetet i Tromsø har hatt auke i avlagde studiepoeng per student, mellom anna på grunn av nedgang i strykprosent frå 2002 til 2003. Talet på søkjarar til institusjonen har auka.
Studentar og kandidatar i 2003
Opptak | Registrerte studentar | Uteksaminerte kandidatar | |||||||
---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
Lågare grad1 | Hovudfag/ profesjon | Doktorgrad | |||||||
2003 | 2002 | 2003 | 2002 | 2003 | 2002 | 2003 | 2002 | 2003 | |
Det medisinske fakultet | 282 | 1 015 | 955 | 156 | 162 | 111 | 148 | 17 | 20 |
(Av desse profesjonsstudium medisin) | (89) | (533) | (525) | (57) | (79) | ||||
(Av desse profesjonsstudium farmasi) | (38) | (140) | (149) | (13) | (24) | ||||
Noregs fiskerihøgskole | 253 | 554 | 541 | 95 | 182 | 51 | 63 | 7 | 12 |
Det matematisk-natur- vitskaplege fakultet | 240 | 550 | 434 | 257 | 223 | 47 | 40 | 14 | 13 |
Det humanistiske fakultet | 196 | 552 | 437 | 209 | 205 | 29 | 30 | 7 | 1 |
Det samfunnsvitskaplege fakultet | 544 | 1 516 | 1 420 | 527 | 593 | 116 | 103 | 10 | 11 |
(Av desse profesjonsstudium psykologi) | (25) | (124) | (124) | (25) | (21) | ||||
Det juridiske fakultet | 119 | 453 | 547 | 110 | 90 | 35 | 40 | ||
Examen philosophicum2 | 385 | 532 | 161 | 170 | 203 | ||||
Anna | 962 | 199 | 757 | 88 | 78 | ||||
(Av desse praktisk-ped. utdanning) | (96) | (128) | (144) | (88) | (78) | ||||
Sum | 2 981 | 5 3713 | 5 2524 | 1 6125 | 1 7366 | 389 | 424 | 55 | 57 |
1 Årseksamenar (60-studiepoengseiningar) på lågare grad. Personar som har bestått same eksamen tidlegare (gjentak), og personar utan studierett er ikkje med.
2 For opptak og registrerte studentar er talet for ex.phil. fråtrekt Det samfunnsvitskaplege fakultet. For uteksaminerte kandidatar lågare grad 2003 er 60-studiepoengeiningar fråtrekte mellom anna Det samfunnsvitskapelige fakultet, Det humanistiske fakultet og Det juridiske fakultet.
3 Av desse er 57,4 pst. kvinner. I tillegg er det registrert sju personar utan studierett. Doktorgradsstillingar er ikkje med i tala.
4 Av desse er 58,1 pst. kvinner. I tillegg er det registrert sju personar utan studierett. Doktorgradsstillingar er ikkje med i tala.
5 I tillegg er det avlagt to årseksamenar av personar utan studierett på lågare grad.
6 I tillegg er det avlagt to årseksamenar av personar utan studierett på lågare grad.
Kilde: DBH.
Tabellen nedanfor viser det samla talet på avlagde studiepoengseiningar og talet på utvekslingsstudentar i 2003, og vidare kva dette utgjer i endring frå 2002. Denne endringa er grunnlaget for endring i budsjettet for 2005.
Resultat 2003 og grunnlag for endring av budsjett 2005
Tal på 60-studiepoengs- einingar 2003 | Grunnlag for endring av budsjett 2005 i høve til 2004 | Tal på utvekslings- studentar 2003 | Grunnlag for endring av budsjett 2005 i høve til 2004 |
---|---|---|---|
3 809 | 325 | 166 | 41 |
Alle universiteta har sett i verk Kvalitetsreforma frå hausten 2003, inkludert mellom anna reglement for gradane bachelor og master, nytt karaktersystem og utdanningsplanar. Universitetet vil kontinuerleg vurdere og justere både vurderingsformer, fagleg innhald i programma, utdanningsplanar og undervisningsopplegg for å auke kvaliteten på utdanninga og dermed betre gjennomstrøyminga.
Universitetet tilbyr to nye femårige integrerte lærarutdanningsprogram innanfor realfag og eitt innanfor språk/samfunnsfag.
Universitetet legg vekt på å ha fagleg brei profil som i størst mogleg grad speglar lokaliseringa i nord og møter behovet for akademisk arbeidskraft i landsdelen. Arbeidet med fagutvikling og faglege satsingsområde har vore i tråd med vedtekne strategi-, ansvars- og satsingsområde ved institusjonen. Det er lagt vekt på samarbeid med samfunns- og næringsliv ved justering og utarbeiding av studietilbod.
Endring i talet på studieplassar i 2004
I statsbudsjettet for 2004 vart det vedteke å leggje inn midlar til å føre vidare auken i opptaket knytt til ni studieplassar i medisin og åtte studieplassar i farmasi. I samband med vedtaket om å føre studieplassar i medisin over til Noreg frå opptak i utlandet vart det lagt inn ytterlegare auka opptak på 15 studieplassar i medisin. Det vart vidare lagt inn midlar til ti studieplassar i samband med etablering av studietilbod i odontologi ved universitetet.
Forsking
Universitetet i Tromsø legg vekt på å utvikle vidare ein fagleg profil som speglar at universitetet er lokalisert i nord. Universitetet tek også omsyn til nasjonale prioriteringar og har styrkt både det marine feltet og aktivitetar knytte til FUGE. Universitetet sin strategiske plan tek utgangspunkt i følgjande satsingsområde for forsking: marin forsking, nordområdeforsking, nordlysforsking/romforsking, samfunnsmedisinsk forsking, forsking om fleirkulturelle og fleirspråklege tilhøve og forsking om samiske tilhøve.
Fleire fagområde er evaluerte av Noregs forskingsråd. Evalueringane ved alle universiteta viser at institusjonane har forskarar og forskingsgrupper som held god nordisk og internasjonal standard, men at kvaliteten på forskinga varierer. Departementet føreset at universitetet følgjer opp evalueringane med relevante tiltak.
Universitetet sitt forskingsmiljø innanfor teoretisk lingvistikk fekk i 2002 status som senter for framifrå forsking, og universitetet går inn med ressursar både frå fakultetet og frå sentralt nivå. Delar av universitetet sitt budsjett blir fordelte med ei strategisk grunngiving, mellom anna midlar til rekrutteringsstipend og postdoktorstillingar.
Det har vore nedgang i talet på artiklar i internasjonale vitskaplege tidsskrift frå 2002 til 2003, men talet på artiklar var særs høgt i 2002. Universitetet i Tromsø ligg godt over talet for 2001. I dei andre kategoriane har det vore stabilt eller auke.
Vitskaplege publikasjonar 1999–2003
1999 | 2000 | 2001 | 2002 | 2003 | |
---|---|---|---|---|---|
Artiklar i internasjonale vitskaplege tidsskrift | 546 | 522 | 559 | 661 | 591 |
Artiklar i nasjonale vitskaplege tidsskrift | 189 | 182 | 133 | 169 | 170 |
Faglege bøker/lærebøker | 19 | 38 | 13 | 31 | 35 |
Kapittel i faglege bøker/lærebøker | 111 | 126 | 106 | 120 | 139 |
Totalt | 865 | 868 | 811 | 981 | 935 |
Formidling
Eit hovudmål for formidlingsaktiviteten ved universitetet er å bringe forskingsbasert kunnskap til allmenta både for å medverke til å sikre ei kunnskapsplattform, og for å vere brukarretta i høve til ulik etterspurnad. Universitetet legg vekt på å synleggjere relevansen for samfunnet, og å skape allmenn forståing for verksemda. Både den eksternt finansierte verksemda og aktiviteten i randsona har auka frå 2002 til 2003.
Formidling av kunnskap og forskingsresultat frå fagmiljøa til samfunnet omkring skjer på mange ulike måtar, mellom anna gjennom utstillingar ved Tromsø museum, gjennom foredrag, populærvitskaplege tidsskrift, artiklar og foredrag samt ulike opne arrangement. Universitetet har i aukande grad teke i bruk elektroniske formidlingskanalar som internett, film og multimedium.
Hovudoppgåvene til Tromsø museum er å bevare vitskaplege samlingar og drive forsking og formidling. Museet har særleg ansvar for fagområda botanikk, geologi, zoologi, arkeologi, nyare kulturhistorie og samisk etnografi i Nord-Noreg og nordområda. Universitetsmusea forvaltar ei mengd unike og kostbare gjenstandar, kulturgjenstandar og vitskapleg materiale som inngår i samlingane, og som blir oppbevart i magasin og publikumsutstillingar. Departementet har både i 2002 og 2003 tildelt ekstraordinære midlar til sikring og bevaring av samlingane ved universitetsmusea. Arbeidet med sikring av samlingane har vore gjennomført i tråd med prioriteringar i sikringsplanen til museet.
For å følgje opp endringane i arbeidstakaroppfinningslova har universitetet oppretta ei eiga eining for kommersialisering av forskingsresultat.
Resultatmål for 2005
Universitetet i Tromsø skal:
følgje opp måla i Kvalitetsreforma
auke samarbeidet med samfunns- og næringsliv med omsyn til innovasjon, forsking og studietilbod, inkludert etter- og vidareutdanning
auke omfanget av og kvaliteten på vitskaplege publiseringar
auke aktivitetsnivået når det gjeld student- og forskarutveksling og anna internasjonalt samarbeid
utnytte den studiekapasiteten universitetet har løyving for
Budsjettforslag for 2005
Løyvinga under post 50 skal dekkje driftsutgifter, større utstyrskjøp, bygg og vedlikehald, kjøp av eigedom og refusjon for bruk av sjukehus.
Løyvinga til Universitetet i Tromsø er auka med 10,8 mill. kroner etter at talet på avlagde 60-studiepoengseiningar er auka med 325 og talet på utvekslingsstudentar er auka med 41.
Resultatbasert løyving
(i 1 000 kroner) | |||||||
---|---|---|---|---|---|---|---|
Utteljing kategori A | Utteljing kategori B | Utteljing kategori C | Utteljing kategori D | Utteljing kategori E | Utteljing kategori F | Utteljing utvekslings- studentar | Sum |
-1 224 | 1 576 | 1 637 | 4 585 | -1 488 | 5 498 | 221 | 10 805 |
Utteljinga til Universitetet i Tromsø i den resultatbaserte omfordelinga av forskingsmidlar aukar med 4,5 mill. kroner frå 2004 til 2005.
Regjeringa foreslår ein reduksjon av budsjettramma for universitet og høgskolar på totalt 78 mill. kroner knytt til reduksjon av talet på studieplassar. Reduksjonen ved Universitetet i Tromsø utgjer 4,7 mill. kroner, tilsvarande 242 studieplassar (60-studiepoengseiningar) dersom reduksjonen tas i dei minst kostnadskrevjande studia.
Regjeringa foreslår å opprette 100 nye doktorgradsstillingar i 2005, jf. kategoriinnleiinga. Midlar til åtte doktorgradsstillingar er foreslått lagt inn i budsjettramma til Universitetet i Tromsø med verknad frå hausten 2005. For 17 doktorgradsstillingar tildelte i 2004 er det lagt inn midlar til heilårseffekt i 2005.
Det er lagt inn midlar til heilårsverknad av 24 studieplassar samt til vidareføring av auka opptak på 15 studieplassar i medisin. Det er vidare lagt inn midlar til heilårsverknad og vidareføring av auka opptak på åtte studieplassar i farmasi.
Budsjettramma er redusert med 35,9 mill. kroner som følgje av at resterande utstyrsløyving til Teorifagsbygget vart løyvd i 2004.
I samband med etablering av ny utdanningsstad for tannlegeutdanning i Tromsø er budsjettramma auka med 5,4 mill. kroner. Dei første ti studieplassane vart oppretta hausten 2004. Det er planlagt gradvis opptrapping med opptak av 40 studentar årleg frå 2007. Helsedepartementet gir tilskott til utvikling, etablering og drift av det odontologiske kompetansesenteret i Tromsø. Senteret er eit viktig element i oppbygginga av den nye utdanningsstaden for tannlegar i Tromsø.
Staten ved Helsedepartementet og Utdannings- og forskingsdepartementet inngikk i 2003 ein intensjonsavtale med Troms fylkeskommune om bygging og drift av Tannhelsesenteret i Nord-Noreg. Den er basert på at Troms fylkeskommune byggjer og eig klinikkbygningen og kompetansesenteret og organiserer og sørgjer for bygningsdrifta. Intensjonsavtalen blir avløyst av eit avtaleverk mellom staten og fylkeskommunen, der utgangspunktet er at staten skal dekkje sin del av byggekostnadene gjennom ein leigeavtale med Troms fylkeskommune. Helsedepartementet og Utdannings- og forskingsdepartementet har fastsett staten sin del av Tannhelsesenteret i Nord-Noreg til 7 064 m2, og ein tek sikte på å inngå avtale om utbygging av senteret med Troms fylkeskommune i 2005. Universitetet i Tromsø og Høgskolen i Tromsø vil inngå avtalar med fylkeskommunen om leige og dekning av utgifter til bygningsdrift for staten sin del av tannhelsesenteret, samt særskilde avtalar om drift av den odontologiske universitetsklinikken og kompetansesenteret. Sjå forslag til vedtak IV nr. 5 og omtale under Helse- og omsorgsdepartementet kap. 724 post 21.
Universitetet i Tromsø kan nytte inntekter frå sal av eigedommar til kjøp, vedlikehald og bygging av andre lokale til undervisnings- og forskingsformål ved universitetet, sjå forslag til vedtak II nr. 3.
Utdannings- og forskingsdepartementet kan gi Universitetet i Tromsø utvida fullmakter i høve til eksternt finansiert verksemd, sjå forslag til vedtak IV nr. 4.
Kap. 264 Noregs handelshøgskole
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2003 | Saldert budsjett 2004 | Forslag 2005 |
50 | Statstilskott | 211 705 | 233 697 | 250 383 |
Sum kap. 264 | 211 705 | 233 697 | 250 383 |
I høve til 2004 er det gjort ei teknisk endring ved at post 50 er auka med kr 498 000 som kompensasjon for innføring av el-avgift, jf. St.meld. nr. 2 (2003–2004).
Resultatrapport for 2003–04
Opptakstal, studenttal og kandidatar i 2003
2002 | 2003 | |||||
---|---|---|---|---|---|---|
Studium | Opptak | Registrerte studentar | Ut- eksaminerte kandidatar | Opptak | Registrerte studentar | Ut- eksaminerte kandidatar |
Siviløkonomstudiet | 446 | 2 054 | 327 | 5273 | 2 075 | 346 |
Cand.merc./cand.oecon. | 71 | 225 | 22 | 19 | 258 | 59 |
Høgare revisor -studium | 134 | 323 | 82 | 127 | 313 | 186 |
Master of International Business | 21 | 55 | 32 | 22 | 51 | 26 |
Doktorgrad | 4 | 47 | 11 | 29 | 85 | 14 |
Praktisk pedagogisk utdanning, eittårige studium i språk | 64 | 66 | 56 | 55 | 59 | 50 |
Sum | 740 | 2 7701 | 530 | 779 | 2 8412 | 681 |
1 I tillegg er det registrert 28 personar utan studierett.
2 I tillegg er det registrert 37 personar utan studierett.
3 Frå 2003–04 blir studentane tekne opp til bachelor og master.
Kilde: DBH.
Tala for opptak, registrerte studentar og kandidatar ved Noregs handelshøgskole auka frå 2002 til 2003.
Tabellen nedanfor viser det samla talet på studiepoengseiningar og talet på utvekslingsstudentar i 2003, og vidare kva dette utgjer i endring frå 2002. Denne endringa er grunnlaget for endring i budsjettet for 2005.
Resultat 2003 og grunnlag for endring av budsjett 2005
Tal på 60-studiepoengs- einingar 2003 | Grunnlag for endring av budsjett 2005 i høve til 2004 | Tal på utvekslings- studentar 2003 | Grunnlag for endring av budsjett 2005 i høve til 2004 |
---|---|---|---|
2 055 | 123 | 369 | -5 |
I den strategiske planen til Noregs handelshøgskole for 2003–08 er ei sentral målsetjing å vere ein leiande institusjon innanfor økonomisk-administrative fag. Høgskolen har mellom anna ei særleg plikt til å gi forskarutdanning på desse fagområda. Den strategiske planen gir sentrale prioriteringar for forskinga framover. Høgskolen ønskjer å oppretthalde og vidareføre ein forskingsprofil på høgt internasjonalt nivå innanfor utvalde område. Høgskolen legg vekt på at fagmiljøa har høg publiseringsfrekvens, at forskarane deltek aktivt i internasjonale nettverk og har jamne utanlandsopphald, samt at utanlandske forskarar oppheld seg over lengre periodar ved høgskolen. Både på sentralt nivå og på institutta blir det arbeidd med å vidareutvikle insentivordningar for å stimulere forskingsinnsatsen.
Noregs handelshøgskole legg i den faglege strategien særleg vekt på kunnskapsbehova i bedrifter og hos andre aktørar. Fagleg breidd har vore, og skal framleis vere, eit særleg kjenneteikn ved institusjonen.
Den faglege aktiviteten dei seinare åra har vore prega av omstilling, tilpassing og omlegging i samsvar med føringar i Kvalitetsreforma. Profil og organisering av masterstudia er gjennomgått. Frå hausten 2004 vart nye temabaserte masterstudium innførte der studentane kan velje mellom ni hovudområde. Utviding av siviløkonomutdanninga frå fire til fem år og høgre revisorstudium frå halvtanna til to år har ført til at høgskolen har problem med å få på plass nok fagkompetanse på kort tid. Høgskolen prioriterer rekruttering av fagpersonar frå den internasjonale marknaden høgt.
Høgskolen legg særleg vekt på ansvaret for å formidle ny økonomisk innsikt og nye økonomiske metodar for økonomisk analyse, for å fungere som premissleverandør for vedtak i næringslivet, samt for utforming av den økonomiske politikken.
Særlege formidlingstiltak ved høgskolen er lærebøker og brukarretta forskingsrapportar, populærvitskaplege artiklar og kronikkar.
Talet på vitskaplege publikasjonar ved Noregs handelshøgskole auka frå 2002 til 2003.
Vitskaplege publikasjonar i 1998–2003
1998 | 1999 | 2000 | 2001 | 2002 | 2003 | |
---|---|---|---|---|---|---|
Artiklar i internasjonale vitskaplege tidsskrift | 52 | 65 | 55 | 47 | 65 | 70 |
Artiklar i nasjonale vitskaplege tidsskrift | 37 | 14 | 15 | 7 | 4 | 22 |
Faglege bøker/lærebøker | 23 | 35 | 19 | 17 | 15 | 12 |
Kapittel i faglige bøker/lærebøker | 35 | 55 | 33 | 41 | 36 | 37 |
Totalt | 1471 | 169 | 122 | 1122 | 1203 | 1414 |
1 I tillegg kjem 54 vitskaplege arbeid presenterte på fagkonferansar og 25 leiarar, kommentarar publiserte i tidsskrift og dagspresse.
2 I tillegg kjem 57 vitskaplege arbeid av stipendiatar og anna forskingspersonale.
3 I tillegg kjem 76 vitskaplege arbeid av stipendiatar og anna forskingspersonale. Av desse er det 26 foredrag ved vitskaplege konferansar.
4 I tillegg kjem 79 vitskaplege arbeid av stipendiatar og anna forskingspersonale. Av desse er det 38 foredrag ved vitskaplege konferansar.
Resultatmål for 2005
Noregs handelshøgskole skal:
følgje opp måla i Kvalitetsreforma
auke samarbeidet med samfunns- og næringsliv med omsyn til innovasjon, forsking og studietilbod, inkludert etter- og vidareutdanning
auke omfanget av og kvaliteten på vitskaplege publiseringar
føre vidare dei gode resultata innanfor student- og forskarutveksling og anna internasjonalt samarbeid
utnytte den studiekapasiteten høgskolen har løyving for
Budsjettforslag for 2005
Løyvinga under post 50 skal dekkje driftsutgifter, større utstyrskjøp og vedlikehald.
I samband med Stortinget sitt vedtak om utviding av siviløkonomutdanninga til fem år er budsjettramma auka med 3,9 mill. kroner til studieplassar ved Noregs handelshøgskole i 2005, jf. St.meld. nr. 11 (2001–2002) og Innst. S. nr. 188 (2001–2002).
Regjeringa foreslår ein reduksjon av budsjettramma for universitet og høgskolar på totalt 78 mill. kroner knytt til reduksjon av studieplassar. Reduksjonen ved Noregs handelshøgskole utgjer 1,1 mill. kroner tilsvarande 56 studieplassar (60-studiepoengseiningar) dersom reduksjonen tas i dei minst kostnadskrevjande studia.
Regjeringa foreslår å opprette 100 nye doktorgradsstillingar i 2005, jf. kategoriinnleiinga. Midlar til ei doktorgradsstilling er foreslått lagt inn i budsjettramma til Noregs handelshøgskole med verknad frå hausten 2005. For tre doktorgradsstillingar tildelte i 2004 er det lagt inn midlar til heilårseffekt i 2005.
Løyvinga til Noregs handelshøgskole er auka med 4,5 mill. kroner etter at talet på avlagde 60-studiepoengseiningar er auka med 123 og talet på utvekslingsstudentar er redusert med fem.
Resultatbasert løyving
(i 1 000 kr) | |||||||
---|---|---|---|---|---|---|---|
Utteljing kategori A | Utteljing kategori B | Utteljing kategori C | Utteljing kategori D | Utteljing kategori E | Utteljing kategori F | Utteljing utvekslings- studentar | Sum |
4 057 | 128 | 312 | -27 | 4 470 |
Utteljinga til Noregs handelshøgskole i den resultatbaserte omfordelinga av forskingsmidlar blir redusert med kr 123 000 frå 2004 til 2005.
Kap. 265 Arkitekthøgskolen i Oslo
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2003 | Saldert budsjett 2004 | Forslag 2005 |
50 | Statstilskott | 81 136 | 81 919 | 87 033 |
Sum kap. 265 | 81 136 | 81 919 | 87 033 |
I høve til 2004 er det gjort ei teknisk endring ved at post 50 er auka med kr 175 000 som kompensasjon for innføring av el-avgift, jf. St.meld.nr. 2 (2003–2004).
Resultatrapport for 2003–04
Opptakstal, studenttal og kandidatar i 2003
2002 | 2003 | |||||
---|---|---|---|---|---|---|
Studium | Opptak | Registrerte studentar | Ut- eksaminerte kandidatar | Opptak | Registrerte studentar | Ut- eksaminerte kandidatar |
Arkitektur | 46 | 259 | 36 | 51 | 283 | 35 |
Industridesign | 24 | 95 | 12 | 25 | 111 | 14 |
Doktorgrad | 20 | 50 | 3 | 19 | 45 | 4 |
Sum | 90 | 404 | 51 | 95 | 439 | 53 |
Kilde: DBH.
Tala for opptak, registrerte studentar og kandidatar ved Arkitekthøgskolen i Oslo auka frå 2002 til 2003.
Tabellen nedanfor viser det samla talet på studiepoengseiningar og talet på utvekslingsstudentar i 2003, og vidare kva dette utgjer i endring frå 2002. Denne endringa er grunnlaget for endring i budsjettet for 2005.
Resultat 2003 og grunnlag for endring av budsjett 2005
Tal på 60-studiepoengs- einingar 2003 | Grunnlag for endring av budsjett 2005 i høve til 2004 | Tal på utvekslings- studentar 2003 | Grunnlag for endring av budsjett 2005 i høve til 2004 |
---|---|---|---|
320 | 26 | 51 | 13 |
Ei sentral målsetjing i den strategiske planen til høgskolen er ønsket om å vere ein leiande institusjon innanfor arkitektur, urbanisme og industridesign. Høgskolen har mellom anna ei særleg plikt til å gi forskarutdanning innanfor sine fagområde. Høgskolen stadfestar i strategien at han har eit monaleg potensial til å styrkje seg som forskings- og utviklingsinstitusjon.
Talet på artiklar i internasjonale tidsskrift har gått noko tilbake i 2003.
Ein stor del av kunnskapsutviklinga ved høgskolen vil vere i form av kunstnarleg, designmessig og arkitektonisk utviklingsarbeid. Slik verksemd resulterer ofte i det som kan karakteriserast som arkitektoniske og kunstnarlege verk. Høgskolen har utvikla eit system for dokumentasjon av slike verk som kan utfylle dei meir akademiske systema for forskingsdokumentasjon.
Strategisk plan 2002–05 for Arkitekthøgskolen stadfestar at styrken til høgskolen har vore den prosjektorienterte og profesjonsførebuande undervisninga. Det strategiske hovudmålet er no å kvalitetssikre og utvikle vidare denne undervisninga innanfor dei sentrale fagfelta til høgskolen. Særleg industridesignutdanninga er inne i ein utviklingsperiode. Utdanninga i industridesign er frå 2003 utvida med eit halvt år til eit femårig integrert masterstudium. Høgskolen har valt å nytte det ekstra semesteret til å leggje auka vekt på teoretisk og estetisk kunnskap.
Vidareutdanning ved høgskolen er i hovudsak konsentrert om formaliserte utdanningar over tre semester på masternivå.
Høgskolen har mange utanlandske studentar, mens langt færre av dei norske studentane tek studieopphald i utlandet.
Høgskolen er i ferd med å styrkje forskings- og utviklingsarbeid som har kommersiell relevans. Dette gjeld i første rekkje verksemda på fagområda industridesign og urbanisme.
Resultatmål for 2005
Arkitekthøgskolen i Oslo skal:
følgje opp måla i Kvalitetsreforma
auke samarbeidet med samfunns- og næringsliv med omsyn til innovasjon, forsking og studietilbod, inkludert etter- og vidareutdanning
auke omfanget av og kvaliteten på forsking og anna utviklingsarbeid
auke aktivitetsnivået når det gjeld student- og forskarutveksling og anna internasjonalt samarbeid
utnytte den studiekapasiteten høgskolen har løyving for
Budsjettforslag for 2005
Løyvinga under post 50 skal dekkje driftsutgifter, større utstyrskjøp og vedlikehald.
Regjeringa foreslår ein reduksjon av budsjettramma for universitet og høgskolar på totalt 78 mill. kroner knytt til reduksjon av studieplassar. Reduksjonen ved Arkitekthøgskolen i Oslo utgjer kr 379 00 tilsvarande 19 studieplassar (60-studiepoengseiningar) dersom reduksjonen tas i dei minst kostnadskrevjande studia.
For ei doktorgradsstilling tildelt i 2004 er det lagt inn midlar til heilårseffekt i 2005.
Løyvinga til Arkitekthøgskolen i Oslo er auka med 2,1 mill. kroner etter at talet på avlagde 60-studiepoengseiningar er auka med 26, og talet på utvekslingsstudentar er auka med 13.
Resultatbasert løyving
(i 1 000 kroner) | |||||||
---|---|---|---|---|---|---|---|
Utteljing kategori A | Utteljing kategori B | Utteljing kategori C | Utteljing kategori D | Utteljing kategori E | Utteljing kategori F | Utteljing utvekslings- studentar | Sum |
1 993 | 70 | 2 063 |
Utteljinga til Arkitekthøgskolen i Oslo i den resultatbaserte omfordelinga av forskingsmidlar aukar med kr 218 000 frå 2004 til 2005.
Kap. 268 Noregs idrettshøgskole
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2003 | Saldert budsjett 2004 | Forslag 2005 |
50 | Statstilskott | 99 812 | 106 070 | 113 827 |
Sum kap. 268 | 99 812 | 106 070 | 113 827 |
I høve til 2004 er det gjort ei teknisk endring ved at post 50 auka med kr 232 000 som kompensasjon for innføring av el-avgift, jf. St.meld. nr. 2 (2003–2004).
Resultatrapport for 2003–2004
Opptakstal, studenttal og kandidatar i 2003–totalt
2002 | 2003 | |||||
---|---|---|---|---|---|---|
Studium | Opptak | Registrerte studentar | Ut- eksaminerte kandidatar | Opptak | Registrerte studentar | Ut- eksaminerte kandidatar |
Lågare grad/vidareutdanning | 536 | 574 | 3551 | 669 | 651 | 4541 |
Hovudfag/mastergrad | 59 | 191 | 44 | 76 | 157 | 44 |
Doktorgrad | 7 | 38 | 1 | 6 | 39 | 5 |
Sum | 602 | 803 | 400 | 751 | 847 | 503 |
1 Årseksamenar (60-studiepoengseiningar) på lågare grad/vidareutdanning.
Kilde: DBH.
Tala for opptak, registrerte studentar og kandidatar ved Noregs idrettshøgskole auka frå 2002 til 2003.
Høgskolen har innført dei sentrale elementa av Kvalitetsreforma. Studieprogramma er omstrukturerte, og høgskolen tilbyr sju bachelorprogram og eitt masterprogram. Førsteåret er felles for alle bachelorprogramma. Det er vedteke store organisasjonsmessige endringar, som blir implementerte i 2004. Høgskolen har ført vidare arbeidet med å utvikle eit kvalitetssikringssystem i samband med NOKUT.
Høgskolen satsar også på etter- og vidareutdanning og fleksibel undervisning. Høgskolen har utvikla attraktive vidareutdanningstilbod, og teke i bruk IKT-støtta undervisning på studiestaden.
I den strategiske planen til Noregs idrettshøgskole for 2001–05 er det vedteke å styrkje aktivitetsområda skiidrett, friluftsliv, ballspel og fysisk aktivitet og helse. Auka satsing på desse områda skal styrkje og synleggjere eigenarta til høgskolen. Dette skal også medføre auka samarbeid mellom Noregs idrettshøgskole og samfunns- og idrettsliv.
Tabellen nedanfor viser det samla talet på stu- diepoengseiningar og talet på utvekslingsstudentar i 2003, og vidare kva dette utgjer i endring frå 2002. Denne endringa er grunnlaget for endring i budsjettet for 2005.
Resultat 2003 og grunnlag for endring av budsjett 2005
Tal på 60-studiepoengs- einingar 2003 | Grunnlag for endring av budsjett 2005 i høve til 2004 | Tal på utvekslings- studentar 2003 | Grunnlag for endring av budsjett 2005 i høve til 2004 |
---|---|---|---|
562 | 123 | 27 | 11 |
Vitskaplege publikasjonar 1998–2003
Kap. 268 Noregs idrettshøgskole | 1998 | 1999 | 2000 | 2001 | 2002 | 2003 |
---|---|---|---|---|---|---|
Artiklar i vitskaplege tidsskrift | 32 | 24 | 34 | 27 | 22 | 37 |
Faglege bøker/lærebøker | 13 | 14 | 7 | 9 | 9 | 14 |
Kapittel i faglege bøker og lærebøker | 18 | 35 | 20 | 21 | 22 | 27 |
Sum | 631 | 73 | 612 | 573 | 534 | 785 |
1 I tillegg har stipendiatar og andre knytte til institusjonen produsert 16 vitskaplege publikasjonar.
2 I tillegg har stipendiatar og andre knytte til institusjonen produsert totalt elleve vitskaplege publikasjonar.
3 I tillegg har stipendiatar og andre knytte til institusjonen produsert totalt 45 vitskaplege publikasjonar. Av desse er det 32 foredrag ved vitskaplege konferansar.
4 I tillegg har stipendiatar og andre knytte til institusjonen produsert totalt 87 vitskaplege publikasjonar. Av desse er det 57 foredrag ved vitskaplege konferansar.
5 I tillegg har stipendiatar og andre knytte til institusjonen produsert totalt 135 vitskaplege publikasjonar. Av desse er det 86 foredrag ved vitskaplege konferansar.
Publiseringa av internasjonale og nasjonale artiklar held fram å stige i 2004. Noregs idrettshøgskole har sett i verk tiltak for å auke den internasjonale publiseringa.
Resultatmål for 2005
Noregs idrettshøgskole skal:
følgje opp måla i Kvalitetsreforma
auke samarbeidet med samfunns- og næringsliv med omsyn til innovasjon, forsking og studietilbod, inkludert etter- og vidareutdanning
auke omfanget av og kvaliteten på vitskaplege publiseringar
auke aktivitetsnivået når det gjeld student- og forskarutveksling og anna internasjonalt samarbeid
utnytte den studiekapasiteten høgskolen har løyving for
Budsjettforslag for 2005
Løyvinga under post 50 skal dekkje driftsutgifter, større utstyrskjøp og vedlikehald.
Regjeringa foreslår ein reduksjon av budsjettramma for universitet og høgskolar på totalt 78 mill. kroner knytt til reduksjon av studieplassar. Reduksjonen ved Noregs idrettshøgskole utgjer kr 491 000 tilsvarande 25 studieplassar (60-studiepoengseiningar) dersom reduksjonen tas i dei minst kostnadskrevjande studia.
For ei doktorgradsstilling tildelt i 2004 er det lagt inn midlar til heilårseffekt i 2005.
Løyvinga til Noregs idrettshøgskole er auka med 4,1 mill. kroner etter at talet på avlagde 60-studiepoengseiningar er auka med 123, og talet på utvekslingsstudentar er auka med elleve.
Resultatbasert løyving
(i 1 000 kr) | |||||||
---|---|---|---|---|---|---|---|
Utteljing kategori A | Utteljing kategori B | Utteljing kategori C | Utteljing kategori D | Utteljing kategori E | Utteljing kategori F | Utteljing utvekslings- studentar | Sum |
945 | 2 954 | 157 | 59 | 4 115 |
Utteljinga til Noregs idrettshøgskole i den resultatbaserte omfordelinga av forskingsmidlar aukar med kr 59 000 frå 2004 til 2005.
Kap. 269 Noregs musikkhøgskole
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2003 | Saldert budsjett 2004 | Forslag 2005 |
01 | Driftsutgifter | 118 910 | ||
21 | Særskilde driftsutgifter | 1 860 | ||
45 | Større utstyrsinnkjøp og vedlikehald , kan overførast | 2 359 | ||
50 | Statstilskott | 118 165 | 149 304 | |
Sum kap. 269 | 123 129 | 118 165 | 149 304 |
I høve til 2004 er det gjort ei teknisk endring ved at post 50 er auka med kr 256 000 som kompensasjon for innføring av el-avgift, jf. St.meld. nr. 2 (2003–2004).
Resultatrapport for 2003–04
Opptak, registrerte studentar og kandidattal for dei ulike studietilboda ved høgskolen går fram av følgjande tabell:
Opptakstal, studenttal og kandidattal for 2003
2002 | 2003 | |||||
---|---|---|---|---|---|---|
Studium | Opptak | Regi- strerte studentar | Ut- eksaminerte kandidatar | Opptak | Regi- strerte studentar | Ut- eksaminerte kandidatar |
Kandidat i musikk | 104 | 305 | 66 | 94 | 314 | 57 |
Hovudfag/diplomstudiet | 50 | 141 | 30 | 54 | 139 | 46 |
Doktorgrad | 6 | 15 | 1 | 2 | 16 | 1 |
Praktisk-pedagogisk utdanning | 10 | 11 | 10 | 10 | 13 | 10 |
Lågare grad/vidareutdanning | 44 | 60 | 45 | 53 | ||
Sum | 214 | 532 | 107 | 205 | 535 | 114 |
Kilde: DBH.
Tala for opptak, registrerte studentar og kandidatar ved Noregs musikkhøgskole er om lag uendra frå 2002 til 2003.
Tabellen nedanfor viser det samla talet på studiepoengseiningar og talet på utvekslingsstudentar i 2003, og vidare kva dette utgjer i endring frå 2002. Denne endringa er grunnlaget for endring i budsjettet for 2005.
Resultat 2003 og grunnlag for endring av budsjett 2005
Tal på 60-studiepoengs- einingar 2003 | Grunnlag for endring av budsjett 2005 i høve til 2004 | Tal på utvekslings- studentar 2003 | Grunnlag for endring av budsjett 2005 i høve til 2004 |
---|---|---|---|
387 | 5 | 37 | 0 |
Høgskolen har innført dei sentrale elementa i Kvalitetsreforma. Mellom anna er gradsstrukturen lagt om med bachelornivå (kandidatstudium) på fire år og masternivå (inkludert diplomkandidat) på to år. Høgskolen arbeider med å vidareutvikle studia innanfor denne strukturen. Sjølv om høgskolen lenge har nytta studieformer i samsvar med Kvalitetsreforma, har høgskolen no utvikla dette vidare, mellom anna ved at kvar student får ein lærar som primærkontakt.
Musikkhøgskolen har ambisjonar om å nå eit internasjonalt toppnivå og arbeider mot dette. Musikkhøgskolen har etablert eit doktorgradsprogram, og den andre doktorgradskandidaten vart ferdig i 2003. To av kandidatane ved det nasjonale stipendprogrammet for kunstnarleg utviklingsarbeid er også knytte til Noregs musikkhøgskole. Høgskolen har stor internasjonal aktivitet med utanlandske studentar og mange faglege kontaktar med miljø ute. Musikkhøgskolen er elles ein sentral aktør i musikkmiljøet, med omfattande konsertverksemd og andre formidlingstiltak.
Musikkhøgskolen koordinerer talentutviklingsprogrammet i musikk, som vart starta opp i 2004, sjå kap. 281.
Resultatmål for 2005
Noregs musikkhøgskole skal:
følgje opp måla i Kvalitetsreforma
auke samarbeidet med samfunns- og næringsliv med omsyn til innovasjon, kunstnarleg utviklingsarbeid og studietilbod, inkludert etter- og vidareutdanning
auke omfanget av og kvalitet på forsking og anna kunstnarleg utviklingsarbeid
auke aktivitetsnivået når det gjeld student- og forskarutveksling og anna internasjonalt samarbeid, og gjere denne kontakten meir målretta
utnytte den studiekapasiteten høgskolen har løyving for
Budsjettforslag for 2005
Løyvinga under post 50 skal dekkje driftsutgifter, større utstyrskjøp og vedlikehald.
Budsjettramma er auka med 25,5 mill. kroner i samband med kjøp av utstyr til nybygget ved Noregs musikkhøgskole.
Regjeringa foreslår ein reduksjon av budsjettramma for universitet og høgskolar på totalt 78 mill. kroner knytt til reduksjon av studieplassar. Reduksjonen ved Noregs musikkhøgskole utgjer kr 546 000, tilsvarande 28 studieplassar (60-studiepoengseiningar) dersom reduksjonen tas i dei minst kostnadskrevjande studia.
For ei doktorgradsstilling tildelt i 2004 er det lagt inn midlar til heilårseffekt i 2005.
Løyvinga til Noregs musikkhøgskole er auka med kr 391 000 etter at talet på avlagde 60-studiepoengseiningar er auka med fem og talet på utvekslingsstudentar er uendra.
Resultatbasert løyving
(i 1 000 kr) | |||||||
---|---|---|---|---|---|---|---|
Utteljing kategori A | Utteljing kategori B | Utteljing kategori C | Utteljing kategori D | Utteljing kategori E | Utteljing kategori F | Utteljing utvekslings- studentar | Sum |
391 | 391 |
Utteljinga til Noregs musikkhøgskole i den resultatbaserte omfordelinga av forskingsmidlar aukar med kr 277 000 frå 2004 til 2005.
Kap. 3269 Noregs musikkhøgskole (jf. kap. 269)
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2003 | Saldert budsjett 2004 | Forslag 2005 |
01 | Inntekter frå oppdrag | 1 866 | ||
02 | Salsinntekter o.a. | 1 313 | ||
06 | Inntekter ved konsertar og tenester | 1 124 | ||
15 | Refusjon for arbeidsmarknadstiltak | 87 | ||
16 | Refusjon av fødselspengar/adopsjonspengar | 503 | ||
18 | Refusjon av sjukepengar | 1 670 | ||
Sum kap. 3269 | 6 564 |
Kap. 270 Studium i utlandet og sosiale formål for elevar og studentar
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2003 | Saldert budsjett 2004 | Forslag 2005 |
71 | Tilrettelegging av studium i utlandet | 4 537 | 4 700 | 4 860 |
73 | Tilskott til studentbarnehagar | 76 067 | 79 109 | |
74 | Tilskott til velferdsarbeid | 56 742 | 53 495 | 77 695 |
75 | Tilskott til bygging av studentbustader , kan overførast | 212 719 | 170 158 | 124 243 |
Sum kap. 270 | 350 064 | 307 462 | 206 798 |
I høve til 2004 er det gjort følgjande tekniske endringar:
Post 74 er auka med om lag 1,7 mill. kroner i samband med omlegging av ordninga med differensiert arbeidsgivaravgift.
Post 74 er redusert med 1,2 mill. kroner i samband med at tilskottet til Elevorganisasjonen er overført til kap. 225 post 74.
Løyvinga på post 73 er overført til post 74.
Post 71 Tilrettelegging av studium i utlandet
Tilskottet til Fulbright-programmet blir tildelt over kap. 270 post 71. Dette er eit stipendprogram som støttar særleg kvalifiserte søkjarar i studium på master- og doktorgradsnivå i USA, og tilsvarande studentar frå USA som vil studere i Noreg. I tillegg blir det gitt stipend til forskarar frå Noreg og USA. Det vart i 2004 utbetalt 4,7 mill. kroner til Fulbright-programmet. Departementet foreslår å føre vidare løyvinga med om lag 4,9 mill. kroner i 2005.
Post 73 Tilskott til studentbarnehagar
Studentsamskipnadene blir tildelte statstilskott frå Utdannings- og forskingsdepartementet til drift av studentbarnehagane. I 2004 vart det gitt tilskott til om lag 2 350 studentbarnehageplassar. Formålet med tilskottsordninga er å medverke til rimelegare prisar i studentbarnehagane. Dei skal samstundes vere eit supplement til tilbodet i kommunal og privat sektor. Fram til 1. mai 2004 var satsane per plass kr 4 378 per månad for barn under tre år og kr 2 033 per månad for barn over tre år. Departementet vil i omgrupperingsproposisjonen for 2004 komme tilbake til satsar for tilskottet etter 1. mai 2004. Tilskottet til studentbarnehagar må sjåast i samanheng med Regjeringa si satsing på barnehagar, sjå kap. 856 under budsjettet til Barne- og familiedepartementet. Regjeringa si satsing på barnehagar skal sikre foreldrebetaling på maksimalt kr 2 750 per månad frå 1. mai 2004. I tilegg skal alle sysken ha moderasjon, samt at alle kommunar skal ha ordningar som tilbyr barnefamiliar med lågast betalingsevne ein reduksjon i eller fritak frå foreldrebetaling. Departementet ser det som viktig at studentane har eit tilbod tilpassa deira behov, og vil derfor framleis prioritere tilskott utover det som følgjer av barnehagereforma. Departementet foreslår å overføre tilskott til studentbarnehagar til post 74 Tilskott til velferdsarbeid, da det er naturleg å sjå tilskottet til studentbarnehagar i samanheng med det generelle tilskottet til studentsamskipnadene, sjå omtale under kap. 270 post 74.
Post 74 Tilskott til velferdsarbeid
Posten inneheld tilskott til det generelle velferdsarbeidet til studentsamskipnadane (inklusive tilskott til studentbarnehagar) og tilskott til landsomfattande interesseorganisasjonar for elevar og studentar.
Målsetjing
Målet med tilskottsordninga er å leggje grunnlag for studentvelferda ved utdanningsinstitusjonane og fremme interessene til studentane. Det velferdsarbeidet studentsamskipnadane gjer, skal supplere det generelle velferdstilbodet elles i samfunnet. Det skal vere ein integrert del av det heilskaplege læringsmiljøet ved utdanningsinstitusjonane. Tilskottet til studentbarnehagar skal sikre at studentsamskipnadane kan ha foreldrebetaling for studentane under maksimalprisen eller oppretthalde eit tilbod særleg tilpassa studentforeldre, med til dømes fleksible opningstider i eksamensperiodar. Tilskottet til studentorganisasjonane skal leggje grunnlag for arbeid for interessene til studentar.
Tildelingskriterium
Tilskottet til samskipnadane blir mellom anna gitt som grunntilskott og som tilskott per student. Tilskottet til studentbarnehagar som er overført frå post 73, blir i utgangspunktet fordelt etter same tal tilsegn som i 2004. Departementet føreset derfor at studentsamskipnadane minst held oppe same talet på barnehageplassar som i 2004. Departementet vil vurdere innretninga av tilskottet i samband med gjennomgangen av samskipnadsordninga, sjå Ot.prp. nr. 79 (2003–2004) Om lov om universiteter og høyskoler. Studentorganisasjonane får tilskott på bakgrunn av medlemstal, aktivitetsnivå, økonomistyring, samt plan og budsjett for verksemda. Samla tilskott må tilpassast storleiken på den årlege løyvinga.
Oppfølging og kontroll
Studentsamskipnadane og studentorganisasjonane rapporterer om bruken av midlane i revidert årsrekneskap og årsmeldingar. I tillegg rapporterer samskipnadane særskilt om nøkkeltal for verksemda. Studentorganisasjonane sender inn revisorattestert rekneskap og oppgåver for medlemstal.
Rapport for 2003–04
Samla vart det utbetalt om lag 54 mill. kroner i 2003. Av desse vart det utbetalt om lag 45 mill. kroner til 26 studentsamskipnadar (inkl. ANSA) med om lag 190 000 medlemmer. I tillegg var tilskottet til landsomfattande interesseorganisasjonar for studentar og elevar om lag 4 mill. kroner.
Budsjettforslag for 2005
For 2005 foreslår departementet å auke posten med om lag 24 mill. kroner, sjå omtale under post 73.
Stortinget har bedt Regjeringa sette i gang ei undersøking av levekåra til studentar. Statistisk sentralbyrå har fått i oppdrag å gjennomføre ei slik undersøking, jf. kategoriinnleiinga. Den totale kostnadsramma for denne undersøkinga er på om lag 7,2 mill. kroner over tre år.
Post 75 Tilskott til bygging av studentbustader, kan overførast
Målsetjing
Tilskottsordninga skal sikre bygging av studentbustader samt ein rimeleg bustadsituasjon for studentar.
Rapport for 2003–04
Ved utgangen av 2003 disponerte studentsamskipnadane totalt 28 574 hybeleiningar. Det er ein auke på 506 hybeleiningar i høve til 2002. Det svarar til ein gjennomsnittleg dekningsgrad på 15,7 pst. av medlemmene i studentsamskipnadane i 2003. 647 hybeleiningar er lagt til rette for funksjonshemma studentar. Det svarar til om lag 2,3 pst. av studentbustadene og er ein auke i høve til 2002. Departementet har som føresetnad at husleiga på bustader for funksjonshemma studentar ikkje vert fastsett høgare enn det andre studentar betaler for ei hybeleining tilpassa ein person.
I 2004 gav departementet tilsegn om støtte til om lag 530 nye hybeleiningar fordelte på følgjande stader: Oslo, Bergen, Trondheim, Nord-Trøndelag, Vestfold, Østfold, Sunnmøre og Telemark. Tilskott til bygging av studentbustader er i 2004 gitt med 60 pst. av på førehand godkjende byggjekostnader.
Budsjettforslag for 2005
Som ein del av handsaminga av Innst. S. nr. 95 (2002–2003) fatta Stortinget eit vedtak der Regjeringa vart bedt om å komme tilbake med ein plan for studentbustadbygging. Som ei oppfølging av dette har departementet i St.prp. nr. 63 (2003–2004) lagt fram ein plan for studentbustadbygging. Som foreslått i planen, vil tilskottet i 2005 bli gitt med eit fast tilskott fordelt over to nivå. Nivå ein omfattar kostnadsartar som gjeld sjølve bygget. Nivå to omfattar alle kostnader på nivå ein, samt kostnader som varierer frå prosjekt til prosjekt. Øvre kostnadsgrense er sett til kr 400 000 per hybeleining, der kr 200 000 er fast statstilskott. Det er opna for ei høgre kostnadsramme på kr 500 000, der kr 250 000 er fast statstilskott, for pressområda Bergen, Oslo og Trondheim. Departementet vil understreke at det er viktig at kvar studentsamskipnad har eit tilfredsstillande tilbod til funksjonshemma studentar. Sjå elles St.prp. nr. 63 (2003–2004).
Av omsyn til det samla budsjettopplegget er posten redusert med omlag 46 mill. kroner. Departementet foreslår å løyve om lag 124 mill. kroner til bygging av studentbustader i 2005. Departementet foreslår ei tilsegnsfullmakt på 120 mill. kroner, sjå forslag til vedtak III nr. 1. Dette gir ei ramme for nye tilsegn på om lag 74 mill. kroner i 2005.
Løyvinga på post 75 kan overskridast mot tilsvarande meirinntekter på kap. 3270 post 49, jf. forslag til vedtak II nr. 1.
Løyving og tilsegnsfullmakter for studentbustader i 2003–04
(i 1 000 kr) | |
Tilsegnsfullmakt per 31. desember 2004 | 170 000 |
Ramme for nye tilsegn 2005 | 74 293 |
Løyving | 124 243 |
Tilsegnsfullmakt per 31. desember 2005 | 120 000 |
Departementet arbeider med å selje hybelhuset i Schultz’ gate 7 i Oslo. Departementet foreslår å nytte inntektene frå salet av dette hybelhuset til bygging av nye studentbustader, sjå forslag til vedtak II nr. 4.
Kap. 273 Statlege kunsthøgskolar
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2003 | Saldert budsjett 2004 | Forslag 2005 |
01 | Driftsutgifter | 189 326 | ||
21 | Særskilde driftsutgifter | 3 250 | ||
45 | Større utstyrsinnkjøp og vedlikehald , kan overførast | 62 398 | ||
50 | Statstilskott | 224 944 | 244 793 | |
Sum kap. 273 | 254 974 | 224 944 | 244 793 |
I høve til budsjettet for 2004 er det gjort følgjande tekniske endringar:
Post 50 er auka med 11,2 mill. kroner til husleige for dei nye lokala til scenekunstutdanningane. I budsjettet for 2004 vart desse midlane løyvd over kap. 281 post 01.
Post 50 er auka med kr 464 000 som kompensasjon for innføring av el-avgift, jf. St.meld. nr. 2 (2003–2004).
Kapitlet finansierer drift av Kunsthøgskolen i Oslo og Kunsthøgskolen i Bergen.
Resultatrapport for 2003–04
Studenttal i 2003
Institusjon/avdeling | Opptak | Måltal studentar | Registrerte studentar |
---|---|---|---|
Kunsthøgskolen i Oslo | |||
Avdeling Statens handverks- og kunstindustrihøgskole | 137 | 265 | 349 |
Avdeling Statens kunstakademi | 24 | 105 | 88 |
Avdeling Statens teaterhøgskole | 10 | 30 | 34 |
Avdeling Statens balletthøgskole | 28 | 45 | 64 |
Avdeling Statens operahøgskole | 4 | 12 | 12 |
Sum Kunsthøgskolen i Oslo | 203 | 457 | 547 |
Kunsthøgskolen i Bergen | |||
Avdeling for design | 41 | 95 | 109 |
Avdeling for spesialisert kunst | 52 | 100 | 129 |
Avdeling kunstakademiet | 21 | 60 | 70 |
Sum Kunsthøgskolen i Bergen | 114 | 255 | 308 |
Sum kunsthøgskolar | 317 | 712 | 855 |
Kilde: Kjelde for registrerte studentar og opptak: DBH.
Begge kunsthøgskolane oppfylte samla sett måltalet for studentar i 2003. Ved Kunsthøgskolen i Oslo er det berre Avdeling Statens kunstakademi som ikkje har fylt opp måltalet.
Kandidattal i 2003
Institusjon/avdeling | Måltal kandidatar | Uteksaminerte kandidatar |
---|---|---|
Kunsthøgskolen i Oslo | ||
Avdeling Statens handverks- og kunstindustrihøgskole | 118 | 149 |
Avdeling Statens kunstakademi | 25 | 13 |
Avdeling Statens teaterhøgskole | 10 | 11 |
Avdeling Statens balletthøgskole | 15 | 17 |
Avdeling Statens operahøgskole | 4 | 4 |
Sum Kunsthøgskolen i Oslo | 172 | 194 |
Kunsthøgskolen i Bergen | ||
Avdeling for design | 36 | 41 |
Avdeling for spesialisert kunst | 38 | 30 |
Avdeling kunstakademiet | 15 | 14 |
Sum Kunsthøgskolen i Bergen | 89 | 85 |
Sum kunsthøgskolar | 261 | 279 |
Kilde: Kjelde for uteksaminerte kandidatar: DBH.
Kunsthøgskolen i Oslo har fleire uteksaminerte kandidatar enn måltalet. Det er berre på Avdeling Statens kunstakademi at måltalet ikkje er oppfylt. Samla sett har ikkje Kunsthøgskolen i Bergen oppfylt måltalet for kandidatar. Det er berre på Avdeling for design at måltalet er oppfylt.
Kunsthøgskolane har hausten 2003 lagt om grunnstudia til bachelorstudium. Dei fekk løyve til å vidareføre hovudfaga i 2003. Kunsthøgskolen i Bergen har fått godkjenning til to masterstudium frå hausten 2004. Kunsthøgskolen i Oslo har søknader for fleire masterstudium til handsaming i NOKUT. Departementet har opna for at Kunsthøgskolen i Oslo kan gi tilbod om hovudfagsutdanning også i 2004.
Kunsthøgskolen i Oslo har vedteke ein ny organisasjonsstruktur med tre fakultet: Fakultet for scenekunst, Fakultet for visuell kunst og Fakultet for design. Kunsthøgskolen i Bergen har tre avdelingar: Avdeling for design, Avdeling for spesialisert kunst og Avdeling kunstakademiet.
Kunsthøgskolen i Bergen har hatt ein stor del studentar på utveksling i utlandet. Talet på innreisande studentar har også auka det siste året. Kunsthøgskolen i Oslo har hatt ein liten auke i talet på innreisande og utreisande studentar.
Kunsthøgskolane driv med både kunstnarleg verksemd og kunstnarleg utviklingsarbeid, samt meir tradisjonell forsking. Kunsthøgskolane arbeider framleis for å styrkje FoU-verksemda ved institusjonane, og for å få eit felles rapporteringssystem for kunstnarleg FoU-verksemd.
Kunsthøgskolen i Bergen har inngått ein intensjonsavtale med Universitetet i Bergen om samarbeid innanfor dr.art.-programmet ved Det historisk-filosofiske fakultet. Kunsthøgskolen i Oslo har våren 2004 saman med Universitetet i Oslo og Arkitekthøgskolen i Oslo inngått samarbeid med ei rekkje andre instansar om å starte Akerselva innovasjon.
Det nye stipendprogrammet for kunstnarleg utviklingsarbeid omfattar mellom anna fagområda ved dei to kunsthøgskolane. Seks stipendiatar starta arbeidet i 2003. I budsjettet for 2004 vart det gitt løyving til tre nye doktorgradsstillingar. Programmet vart i budsjettet for 2004 styrkt med 1 mill. kroner i prosjektstøtte til stipendiatane.
Det er sett i gang arbeid med sikte på å inkludere kunsthøgskolane i det resultatbaserte finansieringssystemet for universitet og høgskolar. God kvalitet på data for avlagde studiepoeng er ein føresetnad. Vidare må relevante indikatorar for FoU-verksemd ved institusjonane bli utvikla og vurderte.
Resultatmål for 2005
Kunsthøgskolen i Oslo og Kunsthøgskolen i Bergen skal:
følgje opp måla i Kvalitetsreforma
auke samarbeidet med samfunns- og næringsliv med omsyn til innovasjon, kunstnarleg utviklingsarbeid og studietilbod, inkludert etter- og vidareutdanning
spesialisere og konsentrere forsking og utviklingsarbeid på område der institusjonen har særlege føresetnader og i tråd med langsiktige strategiar
arbeide vidare med å definere kriterium for og synleggjere utviklingsarbeid og forsking i utøvande kunstfag. FoU-verksemda må styrkjast
auke utviklingsarbeidet i samband med opptrappinga av Stipendprogrammet for kunstnarleg utviklingsarbeid
auke aktivitetsnivået når det gjeld student- og forskarutveksling og anna internasjonalt samarbeid
utnytte studiekapasiteten kunsthøgskolane har løyving for
arbeide for at samorganiseringa gir effektiviseringsgevinstar ved at det kunstfaglege miljøet blir breiare og styrkt, og gir større høve til tverrfagleg arbeid
styrkje oppdragsverksemda
Følgjande måltal for registrerte studentar og uteksaminerte kandidatar vil bli lagt til grunn for 2004 og 2005:
Måltal for registrerte studentar og uteksaminerte kandidatar
Institusjon/avdeling | Måltal studentar | Måltal kandidatar | ||
---|---|---|---|---|
2004 | 2005 | 2004 | 2005 | |
Kunsthøgskolen i Oslo | ||||
Fakultet for visuell kunst | 233 | 233 | 103 | 103 |
Fakultet for design | 137 | 137 | 40 | 40 |
Fakultet for scenekunst | 87 | 87 | 29 | 29 |
Sum Kunsthøgskolen i Oslo | 457 | 457 | 172 | 172 |
Kunsthøgskolen i Bergen | ||||
Avdeling for design | 95 | 95 | 36 | 36 |
Avdeling for spesialisert kunst | 100 | 100 | 38 | 38 |
Avdeling kunstakademiet | 60 | 60 | 15 | 15 |
Sum Kunsthøgskolen i Bergen | 255 | 255 | 89 | 89 |
Sum kunsthøgskolar | 712 | 712 | 261 | 261 |
Budsjettforslag for 2005
Løyvinga under post 50 skal dekkje driftsutgifter, større utstyrskjøp og vedlikehald.
Budsjettramma til kunsthøgskolane er auka med 1,4 mill. kroner for å dekkje utgifter til etter- og vidareutdanning av kunstnarar. Midlane kan også nyttast til innføring av mastergradar ved kunstutdanningane. Sjå omtale under kap. 281 post 72.
Stipendprogrammet for kunstnarleg utviklingsarbeid er styrkt med ei ny stipendiatstilling, sjå omtale under kap. 281.
Opsjonen på byggjetrinn 2 for Kunsthøgskolen i Oslo går ut i 2004. Departementet vil komme attende til saka i proposisjonen for tilleggsløyvingar og omprioriteringar hausten 2004.
Fordeling av løyvinga på kap. 273 på dei to kunsthøgskolane
(i 1 000 kr) | |
---|---|
Institusjon | Kap. 273 post 50 |
Kunsthøgskolen i Oslo | 173 908 |
Kunsthøgskolen i Bergen | 70 885 |
Sum | 244 793 |
Kap. 3273 Statlege kunsthøgskolar (jf. kap. 273)
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2003 | Saldert budsjett 2004 | Forslag 2005 |
01 | Inntekter frå oppdrag | 3 258 | ||
02 | Salsinntekter o.a. | 3 668 | ||
11 | Kursavgifter | 24 | ||
15 | Refusjon for arbeidsmarknadstiltak | 215 | ||
16 | Refusjon av fødselspengar/adopsjonspengar | 407 | ||
17 | Refusjon for lærlingar | 30 | ||
18 | Refusjon av sjukepengar | 2 603 | ||
Sum kap. 3273 | 10 205 |
Kap. 274 Statlege høgskolar
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2003 | Saldert budsjett 2004 | Forslag 2005 |
01 | Driftsutgifter | 242 729 | ||
21 | Særskilde driftsutgifter | 6 093 | ||
45 | Større utstyrsinnkjøp og vedlikehald , kan overførast | 61 671 | ||
50 | Statstilskott | 6 785 623 | 6 909 470 | 7 420 304 |
70 | Tilskott | 1 410 | ||
Sum kap. 0274 | 7 097 526 | 6 909 470 | 7 420 304 |
I høve til budsjettet for 2004 er det gjort m.a. følgjande tekniske endringar:
Post 50 er auka med 16,8 mill. kroner i samband med overføring av Statens dykkarskole, jf. kap. 232, 1542, 1543 og 3232.
Post 50 er auka med 15 mill. kroner som kompensasjon for innføring av el-avgift, jf. St.meld. nr. 2 (2003–2004).
Resultatrapport for 2003–04
Statlege høgskolar varierer i storleik og fagleg profil. Høgskolane har eit særskilt ansvar for yrkesretta utdanningar. Høgskolane har også eit nasjonalt ansvar for å gi studietilbod samt halde ved lag og utvikle kompetanseprofilen på særskilde fagområde. Vidare skal høgskolane drive forsking, utviklingsarbeid, formidling og anna fagleg og kunstnarleg verksemd som er særleg relevant for regionen dei høyrer til.
Utdanningstilboda ved høgskolane er sette saman av ulike fleirårige yrkesretta utdanningar, bachelorstudium med ulike innretningar og fagstudium med ei lengd på eit halvt til halvtanna år. Mange høgskolar har mastergradstilbod innanfor særskilde fagfelt. FoU-innsatsen varierer mellom høgskolane, mellom anna er den avhengig av kompetanseprofilen til den enkelte institusjonen. Høgskolane i Agder, Bodø, Molde og Stavanger har rett til å tildele doktorgrad på særskilde fagområde.
Tabellen nedanfor gir ei oversikt over talet på registerte studentar og kandidatar ved dei statlege høgskolane for 2002 og 2003. Talet på registrerte studentar har auka for fleirtalet av høgskolane og er samla på 87 301 studentar. Det er ein mindre auke i talet på registrerte kandidatar frå 2002 til 2003.
Student- og kandidattal (personar)
Høgskole | Registrerte studentar 20021 | Registrerte studentar 20032 | Registrerte kandidatar 2002 | Registrerte kandidatar 2003 |
---|---|---|---|---|
Sámi allaskuvla/Samisk høgskole | 217 | 143 | 11 | 18 |
Agder | 6 979 | 7 421 | 1 545 | 1 531 |
Akershus | 2 850 | 2 964 | 558 | 519 |
Bergen | 4 888 | 5 109 | 1 125 | 1 113 |
Bodø | 3 846 | 3 770 | 710 | 832 |
Buskerud | 2 335 | 2 579 | 351 | 415 |
Finnmark | 1 901 | 1 883 | 271 | 271 |
Gjøvik | 1 528 | 1 510 | 251 | 249 |
Harstad | 1 281 | 1 405 | 179 | 250 |
Hedmark | 3 937 | 4 120 | 758 | 739 |
Lillehammer | 1 982 | 2 074 | 500 | 503 |
Molde | 1 530 | 1 456 | 372 | 314 |
Narvik | 1 120 | 1 138 | 177 | 177 |
Nesna | 1 044 | 927 | 169 | 118 |
Nord-Trøndelag | 3 440 | 3 534 | 507 | 557 |
Oslo | 9 022 | 9 874 | 2 000 | 1 980 |
Sogn og Fjordane | 2 778 | 2 674 | 427 | 488 |
Stavanger | 7 125 | 7 133 | 1 486 | 1 418 |
Stord/Haugesund | 2 128 | 2 253 | 453 | 406 |
Sør-Trøndelag | 6 151 | 6 501 | 1 248 | 1 353 |
Telemark | 4 228 | 4 658 | 757 | 726 |
Tromsø | 2 662 | 2 585 | 432 | 470 |
Vestfold | 3 032 | 3 278 | 543 | 474 |
Volda | 2 511 | 2 826 | 442 | 447 |
Østfold | 3 984 | 4 149 | 919 | 907 |
Ålesund | 1 216 | 1 337 | 276 | 252 |
Delsum | 83 715 | 87 301 | 16 467 | 16 527 |
Anna3 | 987 | 1 056 | ||
Sum | 84 702 | 88 357 | 16 467 | 16 527 |
1 Tala representerer personar høgskolane finansierer over grunnløyvinga. I tillegg har høgskolane registrert 363 personar utan studierett.
2 Tala representerer personar høgskolane finansierer over grunnløyvinga. I tillegg har høgskolane registrert 132 personar utan studierett.
3 Omfattar studentar på program som ikkje er på høgskolenivå, forkurs for ingeniørutdanning etc.
Kilde: DBH.
Opptaket til nær alle helse- og sosialfagutdanningar har auka frå 2002 til 2003, og for enkelte av utdanningane er auken relativt stor, jamfør opptaket til vernepleiarutdanninga. For lærarutdanningane er det auke i rekrutteringa til førskolelærarutdanninga. Opptaket til allmennlærarutdanninga er stabil, men det er ein reduksjon i rekrutteringa til praktisk-pedagogisk utdanning. Opptakstala for ingeniør-, sivilingeniør- og siviløkonomutdanninga er lågare i 2003 enn i 2002, mens det for maritim utdanning har vore ein auke, sjå tabellen nedanfor.
Kandidat- og opptakstal fordelte på kategoriar for utdanning (personar)1
Kategoriar for utdannning | Registrert opptakstal 2002 | Registrert opptakstal 2003 | Registrert kandidattal 2002 | Registrert kandidattal 2003 |
---|---|---|---|---|
Sjukepleiarutdanning | 3 908 | 3 995 | 2 971 | 2 948 |
Fysioterapiutdanning | 329 | 334 | 241 | 254 |
Ergoterapiutdanning | 248 | 282 | 163 | 191 |
Bioingeniørutdanning | 267 | 297 | 165 | 179 |
Radiografutdanning | 208 | 225 | 148 | 177 |
Reseptarutdanning | 113 | 99 | 26 | 50 |
Audiografutdanning | 41 | 63 | 14 | 27 |
Vernepleiarutdanning | 780 | 1 032 | 588 | 675 |
Sosionomutdanning | 764 | 842 | 628 | 598 |
Ortopediingeniørutdanning2 | ||||
Døvetolkutdanning | 34 | 35 | 11 | 11 |
Tannpleiarutdanning | 17 | 15 | 10 | 13 |
Tannteknikarutdanning | 36 | 28 | 14 | 19 |
Barnevernspedagogutdanning | 705 | 759 | 550 | 562 |
Allmennlærarutdanning | 2 840 | 2 868 | 1 756 | 1 694 |
Førskolelærarutdanning | 1 390 | 1 650 | 1 318 | 1 146 |
Faglærarutdanning | 491 | 475 | 204 | 242 |
Praktisk-pedagogisk utdanning | 1 400 | 1 224 | 1 058 | 866 |
Bibliotekarutdanning3 | 161 | 153 | 176 | 158 |
Journalist-/fotoutdanning | 205 | 232 | 166 | 222 |
Ingeniørutdanning | 3 144 | 2 948 | 1 911 | 1 751 |
Maritim utdanning | 114 | 140 | 92 | 125 |
Sivilingeniørutdanning | 503 | 494 | 252 | 274 |
Siviløkonomutdanning | 405 | 280 | 261 | 250 |
Høgskolekandidatutdanning4 | 5 740 | 6 704 | 2 772 | 3 265 |
Hovudfag | 736 | 1 225 | 218 | 225 |
Examen philosophicum | 1 723 | 1 532 | 754 | 607 |
Årseining/grunnfag/halvårseining/ | ||||
Mellomfagstillegg/vidareutdanning5 | 17 379 | 19 075 | 12 001 | 11 921 |
Anna6 | 1 016 | 969 | 295 | 247 |
1 Tala omfattar opptak av studentar og kandidatar finansierte over grunnløyvinga.
2 For ortopediutdanninga er det berre opptak kvart tredje år.
3 Omfattar studentar på det toårige påbyggingsstudiet på grunnfaget.
4 Høgskoleutdanning er to- og treårig utdanning som gir rett til tittelen høgskolekandidat, men denne kategorien omfattar også fleirårige grunnutdanningar som ikkje gir denne retten, og som elles ikkje er spesifiserte som yrkesutdanning eller tilhøyrer kategorien vidareutdanning.
5 Kandidattal for kategorien årseining/grunnfag m.m. er omrekna til årseksamenar (produserte 60-studiepoengseningar).
6 Omfattar kandidatar på program som ikkje er på høgskolenivå, forkurs for ingeniørutdanning etc.
Kilde: DBH.
Utdanning
Hovudstrukturen i Kvalitetsreforma er på plass. I det vidare arbeidet blir det lagt vekt på å implementere dei ulike elementa i reforma i alle ledda i organisasjonen. Institusjonane gjennomfører evalueringar av dei nye ordningane slik at det er mogeleg å gjere justeringar i prosessen, til dømes når det gjeld vurderings- og arbeidsformer og fagleg innhald i studia. System for utdanningsplanar er utarbeidd ved størstedelen av høgskolane og blir gradvis innført for dei fleste studentgruppene. Form og innhald i planane varierer mellom institusjonane. Departementet har i 2003 og 2004 godkjent fleire søknader om etablering av masterstudium etter fagleg råd frå NOKUT.
Høgskolen i Bodø har fått permanent godkjenning for doktorgradsstudium i bedriftsøkonomi.
Satsinga for å styrkje lærarutdanninga er ført vidare i samsvar med St.meld. nr. 16 (2001–2002) og dei føringane som er gitte i St.meld. nr. 30 (2003–2004) Kultur for læring og Innst. S. nr. 268 (2003–2004). Departementet har tildelt det tidlegare Læringssenteret 11,5 mill. kroner i 2004 til rettleiing av nyutdanna lærarar og 2,8 mill. kroner til prosjekt for å styrkje kvaliteten i praksisopplæringa ved lærarutdanningsinstitusjonane. Departementet har gitt særskilde midlar til arbeidet ved institusjonane med å styrkje fagpersonalet sin kompetanse om yrkesfeltet. For alle løyvingane er det framheva at det skal samarbeidast med yrkesfeltet, samt med barnehage- og skoleeigar.
Det nye Utdanningsdirektoratet har fått auka ansvar for kontakt og samarbeid med lærarutdanningsinstitusjonane. Siktemålet er mellom anna å styrkje samarbeid om FoU, nasjonalt system for kvalitetsvurdering og kompetanseutvikling av lærarar.
NIFU gjennomførte hausten 2003 ei evaluering av yrkesfaglærarutdanninga. Evalueringa viser at yrkesfaglærarutdanninga blir positivt vurdert av både studentar og lærarar, men at det må arbeidast med mellom anna betre informasjon om utdanninga og meir fleksible opplegg for å styrkje rekrutteringa. I samband med Stortinget si behandling av Innst. S. nr. 268 (2003–2004), jf. St.meld. nr. 30 (2003–2004) Kultur for læring, vil det i 2005 bli sett i gang arbeid med forenkla rammeplanar for treårig yrkesfaglærarutdanning.
Det er fastsett reviderte og kortare rammeplanar for seks av helsefagutdanningane. Det er også utarbeidd rammeplan for vidareutdanning for jordmødre. Utdanninga er utvida med eitt år samstundes som den eittårige turnustenesta fell bort.
Helse- og omsorgsdepartementet har i styringsdokumenta for 2004 gjort det klart at dei regionale helseføretaka skal leggje til rette praksis for eit bestemt tal helsefagstudentar i visse grunnutdanningar. Helse- og omsorgsdepartementet vil styrkje eigarstyringa på dette området i 2005, sjå kap. 732 post 78.
Høgskolane har gjennom ei årrekkje arbeidd aktivt for å betre rekrutteringa til ingeniørutdanninga gjennom informasjonsopplegg, forkurs og særskilt tilrettelagt studieopplegg. På tross av desse tiltaka er søkninga svakare enn ønskjeleg, særleg på mindre stader. I 2003 og 2004 vart det løyvd midlar til særskilde rekrutteringstiltak for ingeniørutdanninga. Midlane er fordelte til ti nye forkursklassar og andre særskilde tiltak. Som del av Regjeringa si satsing på realfag vart det tidlegare prøveprosjektet Nasjonalt senter for rekruttering til naturvitskaplege og teknologiske fag (RENATE) ført vidare i 2003 med ny organisering og nytt mandat. Den primære oppgåva til senteret er å medverke til god rekruttering til dei aktuelle studia og å auke talet på kvinnelege studentar på området. Senteret skal også ha nasjonalt ansvar for kontakt med arbeidslivet om rekruttering til naturvitskaplege og teknologiske fag. RENATE vil i løpet av hausten 2004 evaluere ordninga med forkurs og ulike rekrutteringstiltak som er prøvde ut for realfag.
I St.meld. nr. 31 (2003–2004) Vilje til vekst – for norsk skipsfart og de maritime næringar, heiter det at regjeringa meiner tal på lærestader innan maritim utdanning totalt sett bør reduserast frå dagens nivå, og at ein ønskjer konsentrasjon om nokre få maritime opplæringssentra. Slike sentra vil innebere ei regional samordning av maritim sertifikatgivande utdanning på både høgskole- og fagskolenivå. Det blir ei utfordring framover for maritim høgskoleutdanning å ta initiativ til etablering av denne typen heilskaplege opplæringssentra. Departementet vil ta dette spørsmålet opp i den vidare dialogen med sektoren for høgre utdanning.
FoU-verksemd
Dei statlege høgskolane har ei oppgåve når det gjeld kompetanseutvikling og nyskapande verksemd i regionane. På enkelte område har høgskolane i tillegg nasjonalt ansvar for å utvikle spesialkompetanse av høg standard, til dømes knytt til yrkesretta utdanningar eller område der dei kan tildele doktorgrad.
Det er store variasjonar i omfanget av FoU-verksemda mellom høgskolane og mellom dei ulike fagområda. Omfanget av FoU-verksemda er størst ved dei økonomisk-administrative faga og samfunnsfaga, medan omfanget er mindre innanfor ingeniørfaga og helsefaga.
Ein del av løyvingane i det nye finansieringssystemet til strategiske satsingar innanfor forsking og utviklingsarbeid ved dei statlege høgskolane er lagde til Strategisk høgskoleprosjekt (SHP), som blir administrert av Noregs forskingsråd. Programmet skal gi statlege høgskolar stimulans til å byggje opp FoU-verksemd av god kvalitet. Programmet disponerte 30 mill. kroner i 2004.
I den strategiske forskingsløyvinga inngår også finansiering av doktorgradsstillingar. Løyvinga til doktorgradsstillingar ved universitet og høgskolar vart auka i 2004. Dei statlege høgskolane fekk midlar til 38 nye doktorgradsstillingar frå denne satsinga.
Eksternt finansiert verksemd
Den eksternt finansierte verksemda som del av dei totale driftsmidlane ved statlege høgskolar utgjorde i gjennomsnitt nær ni pst. i 2003. Dette er ein auke frå 2002. Omfanget på verksemda varierer mellom høgskolane. Eksternt finansiert verksemd omfattar både forskings- og undervisningsinntekter. Hausten 2003 var det registrert i alt 12 995 eksternt finansierte kursstudentar ved høgskolane. Talet på eksternt finansierte studentar har auka med om lag 600 frå 2002.
Internasjonalisering
Fokus på internasjonaliseringsarbeidet ved dei høgre utdanningsinstitusjonane har auka. Dei statlege høgskolane er i ulik, men aukande grad med i internasjonalt utdanningssamarbeid. Det har vore auke i utvekslinga av fagleg tilsette, og det blir utarbeidd stadig fleire fagtilbod på engelsk for innreisande studentar. Likevel er aktiviteten framleis for låg. Vidare er det ubalanse i studentutvekslinga, slik at dei fleste høgskolane sender ut fleire studentar på delstudium i utlandet enn dei tek imot på utvekslingsopphald ved eigen institusjon. For å møte krava til tilrettelegging for studentmobilitet har mange høgskolar dei siste par åra arbeidd meir systematisk med å gjennomgå og betre avtaleporteføljen med universitet og høgskolar i andre land. Departementet legg til grunn at dette vil medverke til å få opp mobilitetstala på litt lengre sikt. Frå 2004 er Høgskolen i Finnmark arktisk koordinator for student- og lærarutvekslingsprogrammet north2north mellom dei åtte arktiske landa.
Bygg og lokale
Sjå omtale under kap. 281 for ei oversikt over status for byggjeprosjekt i universitets- og høgskolesektoren.
Grunnlag for resultatbasert tildeling i finansieringssystemet 2005
Tabellen nedanfor syner det samla talet på studiepoengseiningar og talet på utvekslingsstudentar i 2003, og vidare kva dette utgjer i endring frå 2002. Denne endringa er grunnlaget for endring i budsjettet for 2005.
Resultat 2003 og grunnlag for endring av budsjett 2005 for statlege høgskolar
Høgskole | Tal på 60-studiepoengs- einingar 2003 | Grunnlag for endring av budsjett 2005 i høve til 2004 | Tal på utvekslings- studentar 2003 | Grunnlag for endring av budsjett i 2005 i høve til 2004 |
---|---|---|---|---|
Samisk | 110 | 3 | 6 | 2 |
Agder | 5 503 | 490 | 287 | 33 |
Akershus | 1 830 | -74 | 20 | 6 |
Bergen | 4 297 | 295 | 115 | 33 |
Bodø | 2 714 | 14 | 92 | 8 |
Buskerud | 1 707 | 192 | 9 | -9 |
Finnmark | 1 162 | -140 | 37 | -25 |
Gjøvik | 1 019 | -35 | 32 | 16 |
Harstad | 800 | -35 | 54 | 19 |
Hedmark | 2 995 | 88 | 38 | 28 |
Lillehammer | 1 549 | -112 | 30 | 10 |
Molde | 1 071 | 93 | 39 | 7 |
Narvik | 732 | 59 | 147 | 2 |
Nesna | 656 | -108 | 9 | 3 |
Nord-Trøndelag | 2 428 | 219 | 11 | -15 |
Oslo | 8 388 | 1 456 | 290 | -7 |
Sogn og Fjordane | 2 017 | -8 | 35 | 17 |
Stavanger | 5 090 | 378 | 76 | 22 |
Stord/Haugesund | 1 669 | 110 | 35 | 8 |
Sør-Trøndelag | 5 183 | 117 | 89 | 31 |
Telemark | 3 365 | 393 | 55 | -25 |
Tromsø | 2 103 | 174 | 43 | 33 |
Vestfold | 2 247 | 163 | 37 | -2 |
Volda | 2 026 | 299 | 79 | 37 |
Østfold | 2 820 | 27 | 89 | -7 |
Ålesund | 1 057 | 168 | 68 | 24 |
Sum | 64 538 | 4 226 | 1 822 | 249 |
Resultatmål for 2005
Dei statlege høgskolane skal
følgje opp måla i Kvalitetsreforma
auke talet på lærarar og lærarstudentar som har utdanning i sentrale skolefag som språk og realfag
styrkje samarbeidet mellom profesjonsutdanningane og yrkesfeltet om opplegg for å utvikle relevant praksisopplæring og meir yrkesretta FoU
auke samarbeidet med samfunns- og næringsliv med omsyn til innovasjon, forsking, utviklingsarbeid og studietilbod, inkludert etter- og vidareutdanningstilbod
styrkje FoU-verksemda og påta seg oppgåver innanfor både kompetanseutvikling og forskings- og utviklingsverksemd for å styrkje regionane
følgje opp fagevalueringar med konkrete tiltak
leggje vekt på rekruttering og kompetanseheving av det faglege personalet, særleg av kvinner
leggje til rette for at høgskolelærarar kan gjennomføre masterstudium på sentrale område som kan ta hand om det praktiske aspektet ved yrkesutdanningane. Høgskolane bør utvikle førstelektorprogram, i eigen regi eller i samarbeid med fleire, for å auke talet på førstelektorar blant det faglege personalet
auke aktivitetsnivået når det gjeld student- og forskarutveksling og anna internasjonalt samarbeid
utnytte den studiekapasiteten dei har løyving for
Budsjettforslag for 2005
Løyvinga gjeld utgifter til drift, lønn, vitskapeleg utstyr, kjøp av utstyr og inventar til nybygg, samt større vedlikehald og ombyggingsarbeid.
I samband med Stortinget sitt vedtak om utviding av siviløkonomutdanninga til fem år er budsjettramma auka med 2,4 mill. kroner til studieplassar ved Høgskolen i Agder og Høgskolen i Bodø i 2005, jf. St.meld. nr. 11 (2001–2002) og Innst. S. nr. 188 (2001–2002).
Jordmorutdanninga er omorganisert ved at høgskoleutdanninga er utvida frå eitt til to år, mot at den eittårige turnustenesta som Helse- og omsorgsdepartementet har hatt ansvar for, fell bort. Utvidinga vil i 2005 ha verknad for 40 studentar som vart tekne opp hausten 2004 på utdanninga ved Høgskolen i Bergen. Basiskostnadene for desse studieplassane er 1,7 mill. kroner i budsjettet for 2005.
Auken i talet på studieplassar på prioriterte utdanningar i perioden 2003–04, er ført vidare i budsjettet for 2005. Det er også lagt inn heilårsverknad for nye studieplassar og studieplassar som fall bort i 2004.
Regjeringa foreslår ein reduksjon i budsjettramma for universitet og høgskolar på totalt 78 mill. kroner knytt til reduksjon i talet på studieplassar. Reduksjonen ved statlege høgskolar utgjer 30,6 mill. kroner, tilsvarande 1 732 studieplassar (60 studiepoengseiningar) dersom reduksjonen tas i dei minst kostnadskrevjande studia. Utover dette er det omdisponert kapasitet mellom utdanningar og dei statlege høgskolane. Regjeringa foreslår å sette ned krava til talet på studentar tatt opp til ingeniørutdanning for høgskolane i Narvik og Ålesund som følgje av reduksjonen i samla studiekapasitet. Vidare er det foreslått å flytte studieplassar i ingeniørutdanninga frå høgskolar med sviktande rekruttering til institusjonar med tilfredsstillande rekruttering. Høgskolane i Bergen, Stavanger og Sør-Trøndelag får kvar tildelt 20 nye studieplassar i ingeniørutdanning, og høgskolane i Gjøvik, Narvik og Sogn og Fjordane får kvar ein reduksjon på 20 studieplassar i ingeniørutdanning. Høgskolen i Akershus er tildelt midlar til 20 studieplassar til yrkesfaglærarutdanning (elektrofag og mekaniske fag). Høgskolen i Gjøvik er tildelt midlar til 25 studieplassar i radiografutdanninga, sjå omtale i kategoriinnleiinga. Kravet til minimums opptakskapasitet er sett ned for vernepleiarutdanninga ved Høgskolen i Harstad og ved lærarutdanningane ved Høgskolane i Tromsø, Vestfold, Stord/Haugesund og Nesna.
Stortinget gav ved handsaming av Innst. S. nr. 12 (2002–2003) og St.meld. nr. 34 (2001–2002) Kvalitetsreformen Om høyere samisk utdanning og forskning tilslutning til satsing på samisk utdanning og forsking. Eit tiltak i meldinga er styrking av sørsamisk språk og kultur ved Høgskolen i Nord-Trøndelag og lulesamisk ved Høgskolen i Bodø. Regjeringa foreslår å tildele Høgskolen i Bodø og Høgskolen i Nord-Trøndelag kvar om lag kr 300 000 til styrking og vidare utvikling av fagområda lulesamisk og sørsamisk.
For å sikre utgiving av lærebøker på samisk foreslår Regjeringa å auke budsjettramma for Samisk høgskole med kr 500 000, sjå omtale på kap. 281.
Når Nordisk Ministerråd frå 2005 til 2007 trappar ned finansieringa av Nordisk Samisk Institutt, er det lagt til grunn ein auke i den norske finansieringa av instituttet over budsjettet til Utdannings- og forskingsdepartementet. Det er foreslått ei løyving på 1,2 mill. kroner til instituttet i 2005. Departementet tek sikte på at den faglege verksemda ved Nordisk Samisk Institutt blir organisert som ei eining ved Samisk høgskole. Formålet er mellom anna å medverke til å gjensidig styrkje den totale utdannings- og forskingsinnsatsen på det samiske området. Departementet vil vurdere behovet for særskilde midlar til omstilling i samanheng med omorganiseringa av Nordisk Samisk Institutt.
Regjeringa foreslår å opprette 100 nye doktorgradsstillingar i 2005, sjå kategoriinnleiinga. Midlar til 20 nye doktorgradsstillingar er foreslått lagde inn i budsjettramma til dei statlege høgskolane med verknad frå hausten 2005. For 38 doktorgradsstillingar tildelte i 2004 er det lagt inn midlar i budsjettramma til heilårseffekt i 2005.
Statens dykkarskole blir overført til Høgskolen i Bergen frå 1. januar 2005. Høgskolen får ansvaret for å føre vidare og vidareutvikle dykkarutdanninga som fagskoleutdanning regulert av lov om fagskoleutdanning, jf. Ot.prp. nr. 32 (2002–2003). Utdanninga blir lagd om frå kortvarige kurs til ei modulbasert eittårig utdanning. Den eksisterande økonomiske ramma for Statens dykkarskole utgjer budsjettet for vidare drift og investeringar for utdanninga. Det er foreslått ei løyving på 16,8 mill. kroner til dykkarutdanning i 2005, sjå kap. 222.
Høgskolen i Nord-Trøndelag forvaltar tilskott til stiftinga Falstadsenteret. Formålet med stiftinga er av allmenn ideell karakter. Tilskottet skal nyttast til eit opplærings- og dokumentasjonssenter for fangehistoria frå andre verdskrig, samt humanitær folkerett og menneskerettar. Verksemda har i 2003 mellom anna vore konsentrert om opplæring og undervisning, dokumentasjon og forsking, samt museumsdrift og formidling. Falstadsenteret vart tildelt 3,3 mill. kroner i 2004. Departementet foreslår å føre vidare tildelinga til stiftinga. Rehabiliteringa av Falstadsenteret vil vere ferdig hausten 2005. Moderniseringsdepartementet har overført 2 mill. kroner til Utdannings- og forskingsdepartementet. Midlane skal dekkje utgifter til husleige for senteret. Husleiga er venta å utgjere om lag 6 mill. kroner frå og med 2006. Det blir lagt opp til ei tilsvarande finansieringsordning i 2006.
I samband med at det i dei seinare åra har vore ei markant svikt i talet på søkjarar innanfor ingeniørutdanningane, er det foreslått å nytte ressursar til ekstraordinære rekrutteringstiltak til denne utdanninga.
I samband med Stortinget si handsaming av revidert nasjonalbudsjett for 2003 vart det tildelt startløyving for nytt bygg for høgskolane i Bodø, Stavanger og Nesna. Det er foreslått 40 mill. kroner og 16,7 mill. kroner til utstyr for nybygga ved høvesvis Høgskolen i Stavanger og Høgskolen i Nesna i 2005. Nybygget for Høgskolen i Bodø, byggjetrinn IV B, er planlagt ferdig hausten 2004. Høgskolen vart tildelt midlar til utstyr og husleige for nybygget i samband med revidert nasjonalbudsjett 2004.
I samband med Stortinget si handsaming av statsbudsjettet for 2003 vart det tildelt startløyving til nytt bygg for Høgskolen i Østfold. Høgskolen vart tildelt 15 mill. kroner til utstyr i 2004. Det er foreslått ein auke på 35 mill. kroner til utstyr til nytt bygg for Høgskolen i Østfold i 2005, til samla 50 mill. kroner.
For nybygga som står ferdige i 2004 og 2005, er det foreslått 3 mill. kroner i auka husleige til Høgskolen i Stavanger, 12,4 mill. kroner i auka husleige til Høgskolen i Bodø og 14 mill. kroner i auka husleige til Høgskolen i Østfold. Kostnadene til husleige er finansierte ved å fordele ein budsjettreduksjon på om lag 30 mill. kroner på universiteta og høgskolane. Utgifter til husleige knytte til prosjekt som er i byggjefasen, vil auke ytterlegare i 2006 og 2007, sjå omtale i kategoriinnleiinga.
Frå 1. januar 2005 overtek Utdannings- og forskingsdepartementet aksjane i det statlege heileigde aksjeselskapet Arbeidsforskningsinstituttet AS (AFI) frå Arbeids- og administrasjonsdepartementet. Utdannings- og forskingsdepartementet vil delegere fullmakt til å utøve eigarinteressene til staten vidare til Høgskolen i Oslo, som etter nærmare retningslinjer vil samarbeide med høgskolane i Agder og Vestfold.
Utdannings- og forskingsdepartementet kan gi statlege høgskolar utvida fullmakter i høve til eksternt finansiert verksemd, sjå forslag til vedtak IV nr. 4.
Dei statlege høgskolane får auka budsjettramma med om lag 133 mill. kroner etter at talet på avlagde 60-studiepoengseiningar er auka med 4 226, og talet på utvekslingsstudentar er auka med 249.
Resultatbasert løyving
(i 1 000 kr) | ||||||||
---|---|---|---|---|---|---|---|---|
Høgskole | Utteljing A | Utteljing B | Utteljing C | Utteljing D | Utteljing E | Utteljing F | Utteljing utvekslings- studentar | Sum |
Samisk | 0 | 0 | 0 | 0 | -896 | 809 | 11 | -77 |
Agder | 0 | 138 | 2 720 | 1 116 | 3 876 | 7 426 | 178 | 15 454 |
Akershus | 0 | 4 905 | 0 | 363 | -5 887 | 977 | 32 | 390 |
Bergen | 0 | 0 | 0 | -1 293 | 10 213 | 260 | 178 | 9 357 |
Bodø | 0 | 0 | 113 | 436 | 3 280 | -2 662 | 43 | 1 209 |
Buskerud | 0 | 0 | 0 | 1 298 | 1 867 | 2 598 | -49 | 5 715 |
Finnmark | 0 | 0 | -393 | 303 | -445 | -3 302 | -135 | -3 971 |
Gjøvik | 0 | 0 | 1 810 | 266 | -1 868 | -474 | 86 | -180 |
Harstad | 0 | 0 | 0 | 0 | -1 921 | 663 | 103 | -1 155 |
Hedmark | 0 | 0 | 0 | 242 | -89 | 2 183 | 151 | 2 487 |
Lillehammer | -10 047 | 0 | 0 | 735 | -512 | -434 | 54 | -10 204 |
Molde | 0 | 0 | 0 | 612 | 2 171 | 246 | 38 | 3 067 |
Narvik | 0 | 0 | 1 957 | 0 | -107 | 631 | 11 | 2 491 |
Nesna | 0 | 0 | 0 | 0 | -4 050 | 480 | 16 | -3 553 |
Nord-Trøndelag | 0 | 0 | 17 | 2 705 | 6 313 | -1 301 | -81 | 7 652 |
Oslo | 0 | -279 | -104 | 12 520 | 26 296 | 8 071 | -38 | 46 467 |
Sogn og Fjordane | 0 | 0 | 0 | -204 | 1 096 | -949 | 92 | 36 |
Stavanger | 0 | 31 | 1 098 | 1 767 | 1 270 | 7 034 | 119 | 11 319 |
Stord/Haugesund | 0 | 0 | 9 | 0 | 2 815 | 558 | 43 | 3 424 |
Sør-Trøndelag | 0 | 0 | 0 | 4 179 | 2 663 | -1 980 | 167 | 5 029 |
Telemark | 0 | 1 014 | 1 017 | -511 | 8 346 | 2 945 | -135 | 12 676 |
Tromsø | 0 | -125 | 313 | 135 | 3 566 | 1 422 | 178 | 5 489 |
Vestfold | 0 | 0 | 0 | 0 | 1 384 | 3 124 | -11 | 4 497 |
Volda | 0 | -77 | 1 027 | -211 | 3 550 | 4 552 | 200 | 9 040 |
Østfold | 51 | 0 | 2 195 | 179 | -5 535 | 3 959 | -38 | 811 |
Ålesund | 0 | 0 | 0 | 59 | 3 402 | 1 567 | 130 | 5 158 |
Sum | -9 996 | 5 607 | 11 779 | 24 696 | 60 798 | 38 403 | 1 343 | 132 630 |
Fordeling av statstilskott
( i 1 000 kr) | |
---|---|
Høgskole | Kapittel 274 post 50 |
Sámi allaskuvla/Samisk høgskole | 33 739 |
Høgskolen i Agder | 629 750 |
Høgskolen i Akershus | 211 213 |
Høgskolen i Bergen | 460 639 |
Høgskolen i Bodø | 341 642 |
Høgskolen i Buskerud | 197 011 |
Høgskolen i Finnmark | 157 169 |
Høgskolen i Gjøvik | 143 846 |
Høgskolen i Harstad | 99 895 |
Høgskolen i Hedmark | 310 878 |
Høgskolen i Lillehammer | 180 566 |
Høgskolen i Molde | 119 189 |
Høgskolen i Narvik | 142 720 |
Høgskolen i Nesna | 105 999 |
Høgskolen i Nord-Trøndelag | 300 645 |
Høgskolen i Oslo | 856 949 |
Høgskolen i Sogn og Fjordane | 221 081 |
Høgskolen i Stavanger | 631 576 |
Høgskolen Stord/Haugesund | 192 266 |
Høgskolen i Sør-Trøndelag | 507 155 |
Høgskolen i Telemark | 396 257 |
Høgskolen i Tromsø | 231 099 |
Høgskolen i Vestfold | 249 362 |
Høgskolen i Volda | 193 343 |
Høgskolen i Østfold | 379 973 |
Høgskolen i Ålesund | 126 342 |
Kap. 3274 Statlege høgskolar (jf. kap. 274)
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2003 | Saldert budsjett 2004 | Forslag 2005 |
01 | Inntekter frå oppdrag | 6 152 | ||
02 | Salsinntekter o.a. | 652 | ||
15 | Refusjon for arbeidsmarknadstiltak | 16 | ||
16 | Refusjon av fødselspengar/adopsjonspengar | 579 | ||
18 | Refusjon av sjukepengar | 503 | ||
Sum kap. 3274 | 7 901 |
Kap. 278 Noregs landbrukshøgskole
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2003 | Saldert budsjett 2004 | Forslag 2005 |
50 | Statstilskott | 413 607 | 446 695 | 472 888 |
Sum kap. 278 | 413 607 | 446 695 | 472 888 |
I høve til 2004 er det gjort ei teknisk endring ved at post 50 er auka med kr 962 000 som kompensasjon for innføring av el-avgift, jf. St.meld. nr. 2 (2003–2004).
Noregs landbrukshøgskole (NLH) har særskilt ansvar for grunnforsking og forskarutdanning innanfor landbruksrelaterte emne, samt natur- og arealforvaltning.
Resultatrapport for 2003–04
Tabellen nedanfor viser opptakstal for 2003, studenttal og kandidattal for 2002 og 2003.
Opptakstal, studenttal og kandidattal for 2002 og 2003
2002 | 2003 | ||||
---|---|---|---|---|---|
Studium | Registrerte studentar | Uteksaminerte kandidatar | Opptak | Registrerte studentar | Uteksaminerte kandidatar |
Lågare grad/profesjon | 2 213 | 2892 | 413 | 1 433 | 1864 |
Hovudfag/mastergrad | 162 | 45 | 260 | 1 064 | 1095 |
Doktorgrad | 195 | 52 | 17 | 167 | 44 |
Praktisk-pedagogisk utdanning | 75 | 26 | 34 | 58 | 28 |
Sum | 2 6451 | 412 | 724 | 2 7223 | 367 |
1 I tillegg er det registrert fem personar utan studierett.
2 Av desse er 201 cand.agric., 46 sivilingeniørar og 42 cand.scient. I tillegg har NLH uteksaminert 16 cand.mag.-kandidatar.
3 I tillegg er det registrert ein person utan studierett.
4 Cand.agric. og sivilingeniør. I tillegg har NLH uteksaminert 13 cand.mag.-kandidatar.
5 Cand.scient. og mastergrad.
Kilde: DBH.
Talet på registrerte studentar ved Noregs landbrukshøgskole har auka frå 2002 til 2003. Det har vore nedgang i talet på søkjarar til høgskolen, medan opptaket av nye studentar, samt talet på uteksaminerte kandidatar, er tilnærma uendra frå 2002 til 2003. Studiepoeng per student har auka frå 2002 til 2003, særleg innanfor landbruk og praktisk-pedagogisk utdanning. Talet på avlagde doktorgradar har falle, men talet på avlagde doktorgradar var særskilt høgt i 2002, og tala for 2003 er godt over 2001.
Tabellen nedanfor viser det samla talet på avlagde studiepoengseiningar og talet på utvekslingsstudentar i 2003, og vidare kva dette utgjer i endring frå 2002. Denne endringa er grunnlaget for endring i budsjettet for 2005.
Resultat 2003 og grunnlag for endring av budsjett 2005
Tal på 60-studiepoengs- einingar 2003 | Grunnlag for endring av budsjett 2005 i høve til 2004 | Tal på utvekslings- studentar 2003 | Grunnlag for endring av budsjett 2005 i høve til 2004 |
---|---|---|---|
1 927 | 189 | 166 | 10 |
Talet på utvekslingsstudentar ved NLH har auka frå 2002 til 2003. Det overordna målet til høgskolen er at alle studentane får internasjonal erfaring som del av studia ved NLH, og høgskolen har avtalar om utveksling med ei rekkje institusjonar.
Frå og med oktober 2003 vart den nye organiseringa av Noregs landbrukshøgskole og den nye styringsmodellen formelt sett i verk. NLH har sett i verk ei omfattande omlegging av studia i tråd med Kvalitetsreforma. Fleire nye studietilbod på bachelor- og masternivå vart utlyste i 2003. Det er også etablert formelle avtalar med ulike høgskolar om overgang til master ved NLH.
Høgskolen har nedgang i talet på artiklar i vitskaplege tidsskrift og kapittel i faglege lærebøker frå 2002 til 2003. Samla tal for vitskaplege publikasjonar er stabilt i forhold til 2001. NLH har som mål å auke talet på vitskaplege artiklar per vitskaplege årsverk frå 0,8 til 1,0 og følgjer dette opp i den interne ressursfordelinga.
Vitskaplege publikasjonar 1998–2003
Kap. 278 Noregs landbrukshøgskole | 1998 | 1999 | 2000 | 2001 | 2002 | 2003 |
---|---|---|---|---|---|---|
Artiklar i vitskaplege tidsskrift | 289 | 279 | 187 | 218 | 201 | 195 |
Faglege bøker/lærebøker | 18 | 8 | 13 | 20 | 27 | 28 |
Kapittel i faglege lærebøker | 56 | 50 | 45 | 33 | 71 | 45 |
Totalt | 363 | 337 | 245 | 2711 | 2992 | 2683 |
1 I tillegg kjem 241 vitskaplege arbeid av stipendiatar og anna forskingspersonale. Av desse er 123 foredrag ved vitskaplege konferansar.
2 I tillegg kjem 345 vitskaplege arbeid av stipendiatar og anna forskingspersonale. Av desse er 182 foredrag ved vitskaplege konferansar.
3 I tillegg kjem 367 vitskaplege arbeid av stipendiatar og anna forskingspersonale. Av desse er 165 foredrag ved vitskaplege konferansar.
Forskingsstrategien for 2000–10 inneberer at NLH skal prioritere fagområda miljø, mat og bioteknologi, samt akvakultur og næringsutvikling som aktivitetar på tvers av fagmiljøa. Høgskolen har dei siste åra gjennomført omstilling og prioritering for å konsentrere forskinga og byggje meir robuste forskingsgrupper. Ledd i denne styrkinga er etableringa av Akvaforskalliansen og revidering av Matalliansen, samt bygging av forskargrupper rundt senter for framifrå forsking (Aquaculture Protein Center) og FUGE-plattforma på integrert genetikk (CIGENE).
Resultatmål for 2005
Noregs landbrukshøgskole skal
følgje opp måla i Kvalitetsreforma
auke samarbeidet med samfunns- og næringsliv med omsyn til innovasjon, forsking og studietilbod, inkludert etter- og vidareutdanning
auke omfanget av og kvaliteten på vitskaplege publiseringar
auke aktivitetsnivået når det gjeld student- og forskarutveksling og anna internasjonalt samarbeid
utnytte den studiekapasiteten høgskolen har løyving for
Budsjettforslag for 2005
Løyvinga under post 50 skal dekkje driftsutgifter, større utstyrskjøp, vedlikehald og kjøp av eigedom.
Løyvinga til Noregs landbrukshøgskole er auka med 8,7 mill. kroner etter at talet på avlagde 60-studiepoengseiningar er auka med 189 og talet på utvekslingsstudentar er auka med ti. Sjå elles omtale av finansieringssystemet under kategoriinnleiinga.
Resultatbasert løyving
(i 1 000 kr) | |||||||
---|---|---|---|---|---|---|---|
Utteljing kategori A | Utteljing kategori B | Utteljing kategori C | Utteljing kategori D | Utteljing kategori E | Utteljing kategori F | Utteljing utvekslings-studentar | Sum |
345 | 6 227 | 743 | 969 | 390 | 54 | 8 727 |
Utteljinga til Noregs landbrukshøgskole i den resultatbaserte omfordelinga av forskingsmidlar aukar med kr 221 000 frå 2004 til 2005.
Regjeringa foreslår ein reduksjon av budsjettramma for universitet og høgskolar på totalt 78 mill. kroner knytt til reduksjon av talet på studieplassar. Reduksjonen ved Noregs landbrukshøgskole utgjer 2,1 mill. kroner, tilsvarande 106 studieplassar (60-studiepoengseiningar) dersom reduksjonen tas i dei minst kostnadskrevjande studia.
Regjeringa foreslår å opprette 100 nye doktorgradsstillingar i 2005, sjå kategoriinnleiinga. Midlar til seks doktorgradsstillingar er foreslått lagde inn i budsjettramma til Noregs landbrukshøgskole med verknad frå hausten 2005. Det er i 2005 lagt inn midlar til heilårseffekt for seks doktorgradsstillingar tildelte i 2004.
Det er prioritert å vidareføre utstyrsmidlar på 16,2 mill. kroner til Noregs landbrukshøgskole i 2005.
Dei private stiftingane Jordforsk, Norsk senter for økologisk landbruk (NORSØK) og forvaltningsorganet Planteforsk går saman og dannar Bioforsk AS. Noregs landbrukshøgskole vil knytte seg opp mot, og samarbeide med delar av denne forskingsverksemda.
Noregs landbrukshøgskole kan nytte inntekter frå sal av eigedommar ved høgskolen til kjøp, vedlikehald og bygging av andre lokale til undervisnings- og forskingsformål, sjå forslag til vedtak II nr. 3.
Utdannings- og forskingsdepartementet kan gi Noregs landbrukshøgskole utvida fullmakter i høve til eksternt finansiert verksemd, sjå forslag til vedtak IV nr. 4.
Kap. 279 Noregs veterinærhøgskole
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2003 | Saldert budsjett 2004 | Forslag 2005 |
01 | Driftsutgifter | 212 176 | ||
21 | Særskilde driftsutgifter | 96 537 | ||
45 | Større utstyrsinnkjøp og vedlikehald , kan overførast | 10 663 | ||
50 | Statstilskott | 193 636 | 200 798 | |
Sum kap. 279 | 319 376 | 193 636 | 200 798 |
I høve til 2004 er det gjort ei teknisk endring ved at post 50 er auka med kr 418 000 som kompensasjon for innføring av el-avgift, jf. St.meld. nr. 2 (2003–2004).
Noregs veterinærhøgskole (NVH) har nasjonalt ansvar for utdanning av veterinærar og dyrepleiarar. Høgskolen har særskild ansvar for grunnforskinga og forskarutdanninga på veterinærområdet.
Resultatrapport for 2003–04
Tabellen nedanfor viser opptakstal for 2003, studenttal og kandidattal for 2002 og 2003.
Opptakstal, studenttal og kandidattal for 2002 og 2003
2002 | 2003 | ||||
---|---|---|---|---|---|
Studium | Registrerte studentar | Uteksaminerte kandidatar | Opptak | Registrerte studentar | Uteksaminerte kandidatar |
Veterinærstudiet (cand.med.vet.) | 351 | 56 | 61 | 339 | 59 |
Dyrepleiarstudiet | 14 | 14 | 16 | 15 | 14 |
Tilleggsutdanning, veterinærar med utdanning frå utlandet | 5 | 4 | 9 | 2 | |
Hospitantar | 6 | ||||
Doktorgrad | 70 | 14 | 13 | 74 | 11 |
Sum | 440 | 84 | 94 | 443 | 86 |
Kilde: DBH.
Talet på kandidatar ved høgskolen er stabilt, og gjennomføringa er god. Talet på uteksaminerte doktorgradskandidatar er fallande, og gjennomføringstida ved doktorgradsstudiet er for lang. Rekrutteringa til NVH har dei seinare åra vist stor overvekt av kvinner. Frå hausten 2004 får mannlege søkjarar to tilleggspoeng ved opptak, noko som har bidratt til 25 pst. fleire mannlege søkjarar til høgskolen hausten 2005.
Tabellen nedanfor viser det samla talet på avlagde studiepoengseiningar og talet på utvekslingsstudentar i 2003, og vidare kva dette utgjer i endring frå 2002. Denne endringa er grunnlaget for endring i budsjettet for 2005.
Resultat 2003 og grunnlag for endring av budsjett 2005
Tal på 60-studiepoengs- einingar 2003 | Grunnlag for endring av budsjett 2005 i høve til 2004 | Tal på utvekslings- studentar 2003 | Grunnlag for endring av budsjett 2005 i høve til 2004 |
---|---|---|---|
348 | 13 | 18 | 13 |
Noregs veterinærhøgskole har tradisjonelt hatt lite utveksling av studentar. Talet på utvekslingsstudentar samt utveksling av vitskaplege tilsette har auka i 2003, men er enno ganske lågt i høve til andre høgskolar. For å auke den nordiske utvekslinga samarbeider NVH med dei andre nordiske institusjonane gjennom NOVA (Nordic Veterinary and Agricultural University). Vidare planlegg høgskolen to engelskspråklege masterstudium innanfor akvamedisin og mattryggleik frå hausten 2004.
Talet på vitskaplege publikasjonar har gått ned. Høgskolen har innført intern godtgjering for å auke talet på vitskaplege publikasjonar.
Vitskaplege publikasjonar 1998–2003
Kap. 279 Noregs veterinærhøgskole | 1998 | 1999 | 2000 | 2001 | 2002 | 2003 |
---|---|---|---|---|---|---|
Artiklar i vitskaplege tidsskrift | 182 | 177 | 192 | 155 | 134 | 95 |
Faglege bøker | 10 | 5 | 16 | 8 | 14 | 5 |
Kapittel i faglege bøker | 19 | 12 | 32 | 9 | 4 | 5 |
Totalt | 2111 | 1942 | 2403 | 1724 | 1525 | 1056 |
1 I tillegg har stipendiatar og andre knytte til institusjonen produsert 67 vitskaplege publikasjonar.
2 I tillegg har stipendiatar og andre knytte til institusjonen produsert 35 vitskaplege publikasjonar.
3 I tillegg har stipendiatar og andre knytte til institusjonen produsert 82 vitskaplege publikasjonar.
4 I tillegg har stipendiatar og andre knytte til institusjonen produsert 46 vitskaplege publikasjonar.
5 I tillegg har stipendiatar og andre knytte til institusjonen produsert 85 vitskaplege publikasjonar. Av desse er 26 foredrag ved vitskaplege konferansar.
6 I tillegg har stipendiatar og andre knytte til institusjonen produsert 61 vitskaplege publikasjonar. Av desse er 17 foredrag ved vitskaplege konferansar.
Noregs veterinærhøgskole prioriterer forsking innanfor akvamedisin og utvalde delar av produksjonsdyrmedisin, sports- og familiedyrmedisin, mattryggleik, veterinærmedisinske pre- og parakliniske fag, økosystemhelse, viltmedisin og forsøksdyrhelse.
Høgskolen har fått ny organisasjonsstruktur med ei halvering av talet på institutt.
NVH samarbeider med andre institusjonar og tek mellom anna del i senter for framifrå forsking saman med Akvaforsk og NLH. Vidare har høgskolen samarbeid med Bioparken på Ås, undervisningssamarbeid med Veterinærinstituttet, samt ein strategisk allianse med UiO og NLH.
Resultatmål for 2005
Noregs veterinærhøgskole skal
følgje opp måla i Kvalitetsreforma
auke samarbeidet med samfunns- og næringsliv med omsyn til innovasjon, forsking og studietilbod, inkludert etter- og vidareutdanning
auke omfanget av og kvaliteten på vitskaplege publiseringar
auke aktivitetsnivået når det gjeld student- og forskarutveksling og anna internasjonalt samarbeid
utnytte den studiekapasiteten høgskolen har løyving for
Budsjettforslag for 2005
Løyvinga under post 50 skal dekkje driftsutgifter, større utstyrskjøp og vedlikehald.
Løyvinga til Noregs veterinærhøgskole er auka med 1,1 mill. kroner etter at både talet på avlagde 60-studiepoengseiningar og talet på utvekslingsstudentar er auka med 13. Sjå elles omtale av finansieringssystemet under kategoriinnleiinga.
Resultatbasert løyving
(i 1 000 kr) | |||||||
---|---|---|---|---|---|---|---|
Utteljing kategori A | Utteljing kategori B | Utteljing kategori C | Utteljing kategori D | Utteljing kategori E | Utteljing kategori F | Utteljing utvekslings-studentar | Sum |
976 | 97 | 70 | 1 144 |
Utteljinga til Noregs veterinærhøgskole i den resultatbaserte omfordelinga av forskingsmidlar blir redusert med kr 652 000 frå 2004 til 2005.
Regjeringa foreslår ein reduksjon av budsjettramma for universitet og høgskolar på totalt 78 mill. kroner knytt til reduksjon av talet på studieplassar. Reduksjonen ved Noregs veterinærhøgskole utgjer kr 898 000, tilsvarande 46 studieplassar (60-studiepoengseiningar) dersom reduksjonen tas i dei minst kostnadskrevjande studia.
Regjeringa foreslår å opprette 100 nye doktorgradsstillingar i 2005, sjå kategoriinnleiinga. Midlar til to doktorgradsstillingar er foreslått lagde inn i budsjettramma til Noregs veterinærhøgskole med verknad frå hausten 2005. Det er lagt inn midlar til heilårseffekt i 2005 for tre doktorgradsstillingar tildelte i 2004.
Det er prioritert å vidareføre utstyrsmidlar på 10,8 mill. kroner til Noregs veterinærhøgskole i 2005.
I samband med utfasing av ordninga med kjøp av studieplassar i utlandet er 1 mill. kroner trekte ut av rammene til Noregs veterinærhøgskole.
Utdannings- og forskingsdepartementet kan gi Noregs veterinærhøgskole utvida fullmakter i høve til eksternt finansiert verksemd, sjå forslag til vedtak IV nr. 4.
Kap. 3279 Noregs veterinærhøgskole (jf. kap. 279)
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2003 | Saldert budsjett 2004 | Forslag 2005 |
01 | Inntekter frå oppdrag | 96 481 | ||
02 | Salsinntekter o.a. | 37 491 | ||
04 | Refusjon gebyrstipend | 889 | ||
15 | Refusjon for arbeidsmarknadstiltak | 234 | ||
16 | Refusjon av fødselspengar/adopsjonspengar | 940 | ||
18 | Refusjon av sjukepengar | 4 232 | ||
Sum kap. 3279 | 140 268 |
Kap. 281 Fellesutgifter for universitet og høgskolar (jf. kap. 3281)
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2003 | Saldert budsjett 2004 | Forslag 2005 |
01 | Driftsutgifter | 434 597 | 373 270 | 323 931 |
21 | Særskilde driftsutgifter | 1 103 | ||
30 | Fellesmidlar , kan overførast | 25 320 | ||
45 | Større utstyrsinnkjøp og vedlikehald , kan overførast | 28 600 | 20 642 | 6 000 |
70 | Tilskott til utgiving av lærebøker | 7 208 | ||
71 | Tilskott til Stiftelsen for helsetenesteforsking | 5 026 | ||
72 | Stipendmidlar for etterutdanning av kunstnarar | 2 025 | 3 100 | |
73 | Tilskott til internasjonale program | 59 911 | 62 550 | 72 150 |
74 | Tilskott til UNIS | 44 094 | 77 668 | |
75 | Tilskott til Uninett AS | 20 900 | ||
76 | Tilskott til NORDUnet , kan overførast | 11 752 | 15 255 | 15 774 |
77 | Tilskott til Falstadsenteret | 3 140 | ||
78 | Tilskott til Universitets- og høgskolerådet | 6 520 | 11 474 | 7 364 |
79 | Ny universitetsklinikk i Trondheim , kan overførast | 332 000 | 617 984 | 253 330 |
90 | Kapitalinnskott i forskingsstiftelsar | 5 000 | ||
Sum kap. 281 | 922 202 | 1 148 369 | 777 117 |
I høve til budsjett for 2004 er det gjort m.a. følgjande tekniske endringar:
Post 01 er oppjustert med 2,9 mill. kroner i samband med at administrasjonen av Senter for universitets- og høgskolesamarbeid med Frankrike (SUHF) og studiesenteret i Caen er ført over frå Universitetet i Oslo til Senter for internasjonalt universitetssamarbeid (SIU), jf. kap. 260 post 50.
Post 01 er nedjustert med 11,2 mill. kroner i samband med at midlar til husleige ved Kunsthøgskolen i Oslo blir løyvde over kap. 273 post 50.
Post 01 er oppjustert med 1 mill. kroner mot ein tilsvarande nedjustering av post 72 i samband med flytting av midlar til stipend for etterutdanning av kunstnarar.
Post 01 er nedjustert med 20,9 mill. kroner mot ein tilsvarande oppjustering av post 75 i samband med at midlar til Uninett AS blir løyvde over eigen post.
Post 01 er oppjustert med 1 mill. kroner i samband med at Erasmus Mundus skal administrerast av SIU. Midlane er førte over frå kap. 281 post 73.
Post 01 er nedjustert med 22 mill. kroner i samband med at midlar til tungrekning er førte over til kap. 285 post 52.
Post 01 er oppjustert med 1,5 mill. kroner som kompensasjon for innføring av el-avgift, jf. St.meld. nr. 2 (2003–2004).
Post 01 er nedjustert med 1,7 mill. kroner i samband med at husleigemidlar til tidlegare Riksbibliotektenesta er førte over til Kultur- og kyrkjedepartementet sitt kap. 325 post 01.
Post 01 Driftsutgifter
Resultatrapport for 2003–04 og budsjettforslag for 2005
Senter for internasjonalisering av høgre utdanning
Senter for internasjonalisering av høgre utdanning (SIU) vart oppretta 1. januar 2004. Universitets- og høgskolerådet sitt Senter for internasjonalt universitetssamarbeid vart utvida og gjort om til forvaltningsorgan med eige styre. Dei som arbeidde ved SIU før omorganiseringa, vart førte over til det nye organet. SIU skal profilere norsk høgre utdanning og norske universitet og høgskolar i utlandet, samt gi råd og drive kompetanseoppbygging i internasjonaliseringsarbeid for sektoren. Vidare skal SIU drive Sokrates, samt forvalte NUFU, stipendprogrammet til NORAD, og andre internasjonale samarbeidsprogram på utdanningsområdet. Fleire mindre oppgåver er også overførte frå departementet til SIU i løpet av 2004. I tillegg er ansvaret for Senter for universitets- og høgskolesamarbeid med Frankrike (SUHF) og studiesenteret i Caen overførte frå Universitetet i Oslo, sjå kap. 260.
SIU vart tildelt om lag 13,7 mill. kroner over kap. 281 i 2004.
Departementet foreslår ei generell styrking av arbeidet til SIU med 1 mill. kroner. Vidare er det lagt inn 1 mill. kroner i samband med at SIU skal administrere Erasmus Mundus. Det er også lagt inn 2,9 mill. kroner til SUHF og studiesenteret i Caen, og ytterlegare kr 650 000 til oppdatering av ordninga med tilleggsstipend og administrasjon av kvoteordninga. Departementet foreslår å tildele SIU til saman 19,2 mill. kroner i 2005.
Informasjonsteknologisatsingar
Programmet for tungrekning vart tildelt 22 mill. kroner i 2004. Programmet skal dekkje behovet for tungrekneressursar ved Meteorologisk institutt og tilby kostnadseffektive tenester innanfor tungrekning til norske universitet og høgskolar. Programmet vart ført vidare etter ny avtale frå 2004. Midlar til tungrekning blir for 2005 førte over til Noregs forskingsråd kap. 285 post 52.
Departementet tildelte 10,6 mill. kroner til IKT i lærarutdanninga i 2004, knytte til det nye programmet for digital kompetanse. Det er dei siste fem åra samla tildelt om lag 130 mill. kroner til særskild satsing på IKT i lærarutdanninga. Det er gjennomført ei evaluering som viser at prosjektet IKT i lærarutdanninga har hatt effekt på lærarutdanningsinstitusjonane – særleg på samarbeidet med praksisfeltet. I forslaget til statsbudsjettet for 2005 er det ikkje sett av midlar til særskilde IKT-tiltak i lærarutdanninga. Sjå omtale under kategori 07.20 om satsingar på kompetansehevingstiltak retta mot grunnopplæringa.
Noregsuniversitetet
Sentralorganet for fleksibel læring i høgre utdanning (SOFF) og Noregsuniversitetet vart slått saman med verknad frå 1. januar 2004. Det nye organet skal føre vidare oppgåvene dei to organa har hatt tidlegare, samt samkjøre og styrkje fellesoppgåver. Organet blir organisert i samsvar med § 18 i universitets- og høgskolelova.
Departementet foreslår å tildele 19 mill. kroner over kap. 281 post 01 til Noregsuniversitetet i 2005. Midlane skal finansiere utvikling av fleksible læringstilbod i høgre utdanning, samt kunnskapsgenerering og spreiing av kunnskap og informasjon om slike tilbod. Departementet føreset at midlane som går til utvikling av fleksible tilbod, skal haldast minst på same nivå etter samanslåinga. Vidare skal tildelinga gå til å styrkje nettverk og samarbeid omkring etter- og vidareutdanning relatert til arbeidslivet, samt dekkje utgifter til sekretariatet og arbeidet til styret.
Nasjonalt organ for kvalitet i utdanninga
Nasjonalt organ for kvalitet i utdanninga (NOKUT) er eit uavhengig statleg organ som har til formål å utvikle og kontrollere kvaliteten ved norske høgre utdanningsinstitusjonar, både statlege og private. NOKUT vart tildelt 32,4 mill. kroner i 2004.
I framlegget til budsjettet er det ei prioritering å styrkje NOKUT med 3 mill. kroner. Departementet foreslår å tildele 36,6 mill. kroner i 2005. Tildelinga skal også dekkje utgifter NOKUT har til godkjenning av fagskoleutdanningane, jf. lov om fagskoleutdanning, som vart vedteken våren 2003. For nærmare omtale, sjå kategoriinnleiinga.
Nordisk avtale om tilgjenge til høgre utdanning
Avtalen mellom dei nordiske landa om tilgjenge til høgre utdanning vart ført vidare i 2004. Avtalen er forlenga med tre år, fram til utgangen av 2006. Partane skal betale godtgjering for sine eigne studentar i andre land. Avtalen inneber at søkjarar busette i eit anna nordisk land skal ha tilgjenge til offentleg høgre utdanning på same eller likeverdige vilkår som søkjarane i landet. Departementet utbetalte 22,9 mill. kroner i samband med avtalen i 2004.
Utdanningsforsking
Prosjektet som vurderer arbeidsmarknaden for kandidatar med høgre utdanning, og programmet for å måle fullføringsgraden i utdanningssystemet i regi av NIFU STEP, vart førte vidare i 2004. Løyvinga vart også nytta til å finansiere Kandidatundersøkinga og Akademikerregisteret. Programma vil bli førte vidare i 2005.
Departementet samarbeidde også i 2004 med Statistisk sentralbyrå (SSB) om modellar for framtidige tilbod og behov i arbeidsmarknaden. Samarbeidet mellom departementet og SSB vil bli ført vidare i 2005.
Departementet sett av 2,5 mill. kroner over kap. 281 til forskingsprogrammet «Kunnskap, utdanning og læring» i regi av Noregs forskingsråd i 2004. Departementet foreslår å føre tildelinga vidare i 2005.
Nasjonalt senter for romrelatert opplæring (NAROM)
Nasjonalt senter for romrelatert opplæring på Andøya er eit senter for alle utdanningsnivå. Det har som mål å medverke til å sikre rekrutteringa i norsk romverksemd, samt skape auka interesse for real- og teknologifag.
Departementet sett av 4,6 mill. kroner til NAROM i 2004, og departementet foreslår å føre vidare tildelinga på same nivå i 2005. Midlane skal nyttast til driftsutgifter i samband med aktivitetar knytte til vidaregåande opplæring, høgre utdanning og læremiddelutvikling ved NAROM.
Samordna opptak
Samordna opptak (SO) koordinerer opptak til høgre utdanning. SO er lagt til Universitetet i Oslo, men er organisert i samsvar med § 18 i universitets- og høgskolelova. SO vart tildelt 20,6 mill. kroner i 2004. Departementet foreslår å føre vidare tildelinga med 21,3 mill. kroner i 2005.
Museumsprosjektet og Artsdatabanken
Museumsprosjektet gir nasjonal tilgang til informasjon om kultur- og naturarven vår gjennom å digitalisere vitskaplege samlingar ved universiteta. Museumsprosjektet vart tildelt 3 mill. kroner i 2004. Departementet foreslår å føre vidare tildelinga på same nivå i 2005.
Artsdatabanken vart etablert i 2003 og er ei uavhengig eining ved Vitskapsmuseet ved NTNU. Artsdatabanken skal gi ei elektronisk oversikt med informasjon om biologiske artar i Noreg til bruk i miljøforvaltning, undervisning og forsking. Finansiering kjem frå ulike departement. Utdannings- og forskingsdepartementet tildelte Artsdatabanken 6 mill. kroner i 2004. Departementet foreslår å føre vidare tildelinga på same nivå i 2005.
Utgreiing om verksemda ved universitetsmusea
Regjeringa vedtok i juni 2004 å oppnemne eit utval som skal greie ut rolla til universitetsmusea i den nasjonale museumspolitikken. Sjå kategoriinnleiinga for nærmare omtale
Nasjonalt senter for fleirkulturell opplæring
Departementet tildelte i 2004 midlar til Nasjonalt senter for fleirkulturell opplæring (NAFO) ved Høgskolen i Oslo. Senteret vart oppretta 1. januar 2004 og fører vidare mellom anna dei oppgåvene som låg i Senter for kompetanseutvikling i den fleirkulturelle skolen (SEFS). Departementet foreslår å tildele kr 900 000 til verksemda innanfor NAFO over kap. 281 i 2005. Sjå nærmare omtale under kap. 226 post 21.
Stipendprogram for kunstnarleg utviklingsarbeid
Departementet har oppretta eit stipendprogram for kunstnarleg utviklingsarbeid i tråd med St.meld. nr. 18 (2001–2002) Om høgre kunstutdanning. Programmet er ope for alle kunst- og musikkfaglege miljø i Noreg. Hausten 2003 vart det tildelt midlar til seks stipendiatstillingar.
Hausten 2004 vart det lyst ut tre nye stipendiatstillingar. Programmet skal føre fram til kompetanse som førsteamanuensis. Programmet vart i budsjettet for 2004 styrkt med 1 mill. kroner til prosjektstøtte til stipendiatane. Det er foreslått å tildele midlar til ei ny stipendiatstilling med verknad frå hausten 2005. For tre stipendiatstillingar tildelte i 2004 er det lagt inn midlar til heilårseffekt i 2005.
Forskingsprogram under Noregs forskingsråd
Departementet førte vidare avsetninga på 30 mill. kroner til forskingsprogram for statlege høgskolar i 2004. Programmet er administrert av Noregs forskingsråd. Departementet foreslår å føre vidare tildelinga i 2005.
Departementet førte også vidare tildelinga med respektive 3,5 mill. kroner og 5 mill. kroner til forskingsprogramma Mobilisering av FoU-relatert innovasjon (MOBI) og Kunnskapsutvikling i profesjonsutdanning og profesjonsutøving (KUPP) over kap. 281 i 2004. KUPP blir avslutta i 2004, og det blir mellom anna arrangert ein konferanse som gjer greie for sentrale resultat. Departementet foreslår å føre vidare tildelinga til MOBI på 3,5 mill. kroner i 2005.
Auka kommersialisering av oppfinningar frå universitet og høgskolar er eit prioritert mål for Regjeringa. I samband med endringane i universitets- og høgskoleloven har universitet og høgskolar fått auka ansvar for kommersialisering av oppfinningar frå tilsette ved institusjonane. Departementet tildelte 6 mill. kroner til FORNY-programmet over kap. 281 i 2004. Departementet foreslår å føre vidare tildelinga på 6 mill. kroner over kap. 281 i 2005. Sjå også omtale av tildeling til FORNY-programmet under kap. 285 post 52.
I samband med budsjetthandsaminga i fjor bad Stortinget departementet, i samråd med dei forskingsmiljøa det gjeld, vurdere permanent vidareføring av prosjektet for digitalisering av forskingsmateriale, UNIREG. Ein plan for eit nasjonalt infrastrukturprogram DIGFOR ligg no føre, med samla årlege kostnader på rundt 40 mill. kroner når det er fullt utbygd. Departementet har innhenta synspunkt mellom anna frå universiteta og Noregs forskingsråd, som ikkje finn å kunne prioritere delar av tiltaket innanfor eigne budsjett, og som meiner at tiltaket i alle høve burde reorganiserast og nedskalerast til eit vesentlig mindre program. Andre nærliggande forskingsmiljø meiner at ein heller burde satse på eksisterande digitaliseringstiltak, som Museumsprosjektet. For Arbeids- og administrasjonsdepartementet er det vanskeleg å bruke arbeidsmarknadsmiddel til eit permanent tiltak, slik planen i DIGFOR var. På denne bakgrunn, og ut frå det samla budsjettopplegget, har Regjeringa ikkje funne å kunne prioritere dette tiltaket.
Kvinner i forsking
Departementet sette i januar 2004 ned ein komité for å integrere likestillingsarbeidet ved institusjonane i utdannings- og forskingssektoren. Komiteen skal støtte opp om og gi tilrådingar om tiltak som kan medverke til å redusere den skeive fordelinga mellom kjønna i akademia. Sjå også omtale under kap. 285 post 52.
Tilrettelegging for funksjonshemma studentar
I 2004 har departementet sett av 3 mill. kroner til å følgje opp St.meld. nr. 40 (2002–2003) Nedbygging av funksjonshemmende barrierer. Statsbygg har vedteke ein handlingsplan for universell utforming for 2004–06, og arbeider no med gjennomføring av planen. Handlingsplanen inneber m.a. kartlegging av tilgangen til høgskolebygg. Departementet er i dialog med Statsbygg om vidare arbeid med kartlegging av den fysiske tilgangen til universitet og høgskolar. Departementet foreslår å disponere 3 mill. kroner til arbeidet med nedbygging av funksjonshemmande barrierer i 2005.
Talentutviklingsprogram i musikk
I samsvar med St.meld. nr. 18 (2001–2002) Om høyere kunstutdanning tildelte departementet 2 mill. kroner i 2004 til eit talentutviklingsprogram i musikk. Programmet er eit treårig forsøksprosjekt mellom Noregs musikkhøgskole, dei tidlegare konservatoria, musikk- og kulturskolar, samt vidaregåande opplæring, der dei høgre lærestadene får eit ansvar for å ivareta musikktalent under 19 år. Departementet foreslår å tildele 2 mill. kroner til programmet i 2005. Midlane går til finansiering av andre året for studentar som fekk stipend i 2004.
Norum-utvalet
Arbeidsgruppa som skulle vurdere organisering av Noregs veterinærhøgskole (NVH) og Noregs landbrukshøgskole (NLH), samt etablering av tilfredsstillande fasilitetar for stasjonær undervisning i klinisk veterinærmedisin (Norum-utvalet), la fram ei tilråding i juni 2003. I utvalet var det semje om organisatorisk samanslåing av dei to vitskaplege høgskolane, men delt syn på fysisk samanslåing. Eit fleirtal på fire foreslo å flytte veterinærutdanninga (NVH) og veterinærinstituttet (VI) til Ås, medan mindretalet på tre meinte at veterinærutdanninga framleis bør liggje på Adamstuen i Oslo.
Departementet har i 2004 gitt Statsbygg i oppdrag å konsekvensutgreie forslaga frå både fleirtalet og mindretalet i Norum-utvalet når det gjeld lokalisering. I tillegg skal samarbeid med Universitetet i Oslo vurderast. Første del av konsekvensutgreiinga som omfattar økonomisk analyse og funksjonsanalyse (arealbehov, sambruk), skal vere klar våren 2005.
Bolognaprosessen
I mai 2005 vil utdanningsministrar frå 40 land møtast i Bergen for å vurdere utviklinga i Bologna-prosessen og gi retningslinjer for vidare arbeid. Målet er å etablere eit europeisk område for høgre utdanning i 2010. Departementet har etablert eit sekretariat som arbeider opp mot utviklinga i Bolognaprosessen fram til ministerkonferansen i Bergen.
Bygg og lokale
Løyvingar til byggjeprosjekt i universitets- og høgskolesektoren blir gitt over budsjettet til Moderniseringsdepartementet, jf. kap. 1580 og kap. 2445.
Status for byggjeprosjekt i universitets- og høgskolesektoren vart også gjort greie for i St.prp. nr. 1 (2003–2004).
Følgjande bygg er eller vil bli ferdigstilte i løpet av 2004: nybygg for Høgskolen i Lillehammer (filmutdanninga), samlokalisering av Høgskolen i Bodø på Mørkved (byggjetrinn IV A og byggjetrinn IV B), nybygg for Høgskolen Stord/Haugesund på Stord (lærar- og sjukepleiarutdanninga), nybygg for Universitetet i Tromsø (samling av teorifagmiljøa) og rehabilitering av Urbygningen ved Universitetet i Oslo.
I 2005 er nybygg for Høgskolen i Sogn og Fjordane i Førde og nybygg for Høgskolen i Østfold for lærarutdanninga planlagt ferdigstilte. Ombyggingsarbeidet ved Høgskolen i Gjøvik er også planlagt ferdigstilt i 2005, i tillegg til nybygg for Svalbard forskingspark/Universitetssenteret på Svalbard. Eit tilbygg i samband med oppføring av Sentralbygget for Høgskolen i Stavanger er også planlagt ferdigstilt i 2005. Nybygg for Høgskolen i Nesna er planlagt ferdigstilt ved utgangen av 2005. Arbeidet med rehabilitering av Villa Grande for Holocaustsenteret er venta å vere ferdig i 2005, jf. omtale under kap. 260 og budsjettet til Moderniseringsdepartementet kap. 2445.
Det er gjennomført ekstern kvalitetssikring av byggjeprosjekt for informatikkmiljøa ved Universitetet i Oslo (IFI II), ombygging og rehabilitering av patologibygget i Pilestredet Park for m.a. sjukepleiarutdanninga ved Høgskolen i Oslo og samlokalisering av Høgskolen i Vestfold på Bakkenteigen. Det blir arbeidd med å fastsetje ei kostnadsramme med utgangspunkt i den eksterne kvalitetssikringa.
Prosjekt som har fått startløyving
Institusjon | Brutto areal m (nybygg + ombyggingar) | Prosjekt | Kostnadsramme (i 1 000 kroner) |
---|---|---|---|
Svalbard forsknings-park/Universitets- senteret på Svalbard | 8 502 + 552 | Nybygg | 419 300 |
Høgskolen i Østfold | 11 284 + 15 097 | Samlokalisering på Remmen | 647 800 |
Høgskolen i Stavanger | 13 714 | Sentralbygg med felles undervisnings rom, studentareal administrasjon og spesialrom | 384 600 |
Høgskolen i Nesna | 5 031 | Nybygg | 147 700 |
Noregs musikkhøgskole | 6 838 + 1 340 | Samlokalisering på Majorstua | 299 300 |
Universitetet i Bergen | 11 025 | Studentsenteret | 328 400 |
1 Kostnadsramme per 1. juli 2005 på 85 pst. sikkerhet mot overskridingar, jf. omtale i Moderniseringsdepartementet sitt budsjett kap. 1580 og kap. 2445.
Departementet prioriterer følgjande byggjeprosjekt: Bygg for informatikk ved Universitetet i Oslo (IFI II), bygg for odontologisk fakultet ved Universitetet i Bergen, bygg for Samisk høgskole, samlokalisering av Høgskolen i Vestfold, bygg for sjukepleiarutdanninga ved Høgskolen i Oslo i Pilestredet Park, samlokalisering av Høgskolen i Bergen, byggjetrinn to for medisin og helsefag ved Universitetet i Tromsø og samlokalisering av Kunsthøgskolen i Bergen. Byggjeprosjekta er komme ulikt i forhold til framdrifta, og prioriteringa må derfor også vurderast i høve til kor langt dei er komme i prosjekteringsarbeidet. Nybygg for Universitetet i Oslo (IFI II), samlokalisering av Høgskolen i Vestfold og ombygging av Patologibygget i Pilestredet Park for Høgskolen i Oslo er komme lengst i arbeidet med prosjekteringa.
Departementet har bedt Statsbygg gjennomgå behovet for rehabilitering ved Noregs landbrukshøgskole og fastsetje kostnadsrammer for dei enkelte prosjekta. Det er sett i gang prosjektering av Sørhellinga-bygget. Det ligg føre eit utkast til byggjeprogram og kostnadsoverslag. Vidare er det sett i gang prosjektering av Urbygningen. Departementet vil prioritere prosjekta ved Noregs landbrukshøgskole i samband med behov elles i universitets- og høgskolesektoren, jf. St.prp. nr. 63 (2003–2004) og Innst. S. nr. 250 (2003–2004) samt omtale ovanfor om Norum-utvalet.
Dei to tabellane nedanfor gir oversikt over prosjekt som krev vedtak i Stortinget om startløyving etter at kostnadsramma er fastsett. For høgskolar innanfor husleigeordninga er det for desse prosjekta behov for midlar til auka husleige.
Prosjekt som er under prosjektering
Institusjon | Brutto areal m (nybygg og ombygging) | Prosjekt |
---|---|---|
Universitetet i Oslo | 27 000 | Informatikk, 2. byggjetrinn (IFI II) |
Universitetet i Bergen | 11 500 | Odontologisk fakultet (DOF), nybygg |
Høgskolen i Vestfold | 15 850 | Samlokalisering på Bakkenteigen |
Høgskolen i Oslo | 19 000 | Pilestredet Park, ombygging av Patologibygget for sjukepleiarutdanninga |
Høgskolen i Bergen | 48 000 | Samlokalisering på Kronstad |
Universitetet i Tromsø | 17 700 | Medisin og helsefag, byggjetrinn 2 (MH2) |
Noregs landbrukshøgskole | 9 400 | Rehabilitering av Sørhellinga |
Prosjekt som er under utgreiing/programmering
Institusjon | Brutto areal m (nybygg og ombygging) | Prosjekt |
---|---|---|
Samisk høgskole | Ikkje fastsett | Samlokalisering med m.a. Nordisk samisk institutt |
Kunsthøgskolen i Bergen | 17 500 | Samlokalisering |
Høgskolen i Sør-Trøndelag | 19 500 | Avdeling for sjukepleie |
Universitetet i Oslo | Ikkje fastsett | Kulturhistorisk museum, Sørenga |
Universitetet i Oslo | Ikkje fastsett | Preklinisk odontologi |
Universitetet i Oslo | 3 000–4 000 | Odontologisk fakultet |
Høgskolen i Sogn og Fjordane | 13 200 | Sogndal |
Universitetet i Oslo | Ikkje fastsett | Domus Media, vestre fløy |
Noregs handelshøgskole | Ikkje fastsett | Utflytting Merinobygget |
Høgskolen i Tromsø | 5 150 | Samlokalisering, flytting av Avdeling for ingeniørfag og økonomi |
Universitetet i Oslo | 30 000 | Kjemibygningen |
Høgskolen i Oslo | 11 000 | Bygg for Avdeling for økonomi-, kommunal- og sosialfag |
Noregs landbrukshøgskole | Rehabilitering av Urbygningen |
Følgjande prosjekt innanfor husleigeordninga er såkalla kurantprosjekt, eller andre prosjekt der husleigekostnadene blir dekte innanfor ordinær budsjettramme.
Kurantprosjekt, byggjeprosjekt under bygging
Institusjon | Brutto areal m (nybygg og ombygging) | Prosjekt | Kostnadsramme ( i 1 000 kroner) |
---|---|---|---|
Høgskolen i Gjøvik | 400 + 3 040 | Nytt sentralbygg, ombygging | 69 000 |
Høgskolen i Sogn og Fjordane | 3 600 + 1 750 | Nybygg i Førde | 90 200 |
Kurantprosjekt, byggjeprosjekt under prosjektering
Institusjon | Brutto areal m (nybygg og ombygging) | Prosjekt |
---|---|---|
Høgskolen i Sogn og Fjordane | 757 | Akvakulturstasjon |
Universitetet i Oslo | 6 300 | Forskningsveien 3, tilbygg |
Høgskolen i Sør-Trøndelag | 14 000 | Kalvskinnet |
Universitetet i Oslo | 6 000–7 000 | Domus Medica, tilbygg |
Kurantprosjekt, byggjeprosjekt under utgreiing/programmering
Institusjon | Brutto areal m (nybygg og ombygging) | Prosjekt |
---|---|---|
Universitetssenteret på Svalbard | Ikkje fastsett | Feltstasjon for nordlysobservasjon |
Høgskolen i Volda | Nytt Ivar Aasen-bygg | |
Høgskolen i Østfold | 6 500 | Etterbruk, Sarpsborg |
Høgskolen i Hedmark | 3 600 | Midtbyen skole |
Høgskolen i Agder | Ikkje fastsett | Flytting av musikkkonservatoriet |
Når det gjeld bygg for tannlegeutdanninga i Tromsø, sjå kap. 263 Universitetet i Tromsø og omtale av bygging av Tannhelsesenteret. For omtale av byggjetrinn II ved Kunsthøgskolen i Oslo, sjå kap. 273.
I Ot.prp. nr. 79 (2003–2004) vart det signalisert at departementet vil gå nærmare gjennom eigedomsforvaltninga i sektoren, og at dette vil bli sett i samanheng med ein heilskapleg gjennomgang og vurdering av byggje- og eigedomsforvaltninga i staten generelt. Regjeringa har sett ned eit utval som skal vurdere den samla byggje- og eigedomspolitikken til staten. Utvalet skal levere tilrådingane til Regjeringa i løpet av våren 2005, jf. omtale i budsjettframlegget til Moderniseringsdepartementet for 2005.
Post 45 Større utstyrsinnkjøp og vedlikehald, kan overførast
Løyvinga blir nytta til større utstyrsinnkjøp. Departementet fordeler løyvinga på universitet og høgskolar. I 2003 vart mellom anna 10 mill. kroner tildelt til brannsikringstiltak ved dei fire universiteta. Vidare fekk Noregs idrettshøgskole, Noregs veterinærhøgskole og Noregs landbrukshøgskole midlar til å betre utstyrs- og vedlikehaldssituasjonen.
Departementet foreslår ei løyving på 6 mill. kroner til større utstyrskjøp og vedlikehald i 2005.
Post 72 Stipendmidlar for etterutdanning av kunstnarar
Tilskottet har vorte tildelt kunstnarar som er tekne opp ved kunstfagleg etterutdanningstilbod organisert av Kunsthøgskolen i Bergen, Kunsthøgskolen i Oslo og Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet.
Departementet foreslår å avvikle tilskottsordninga og leggje midlane inn i budsjettrammene til Kunsthøgskolen i Bergen, Kunsthøgskolen i Oslo og NTNU, jf. kap. 273 post 50 og kap. 262 post 50. Ei evaluering av ordninga har vist at det er svært høge administrasjonskostnadar. Ved ei omlegging vil ein få høgre aktivitet. Midlane skal nyttast til etter- og vidareutdanningstilbod for kunstnarar. Vidare kan midlane også nyttast til innføring av mastergradar ved kunstutdanningane.
Post 73 Tilskott til internasjonale program
Gjennom EØS-avtalen tek Noreg del i programma til EU på utdanningsområdet. Forslaget til budsjett på denne posten dekkjer deltakinga i programma Sokrates og Erasmus Mundus og andre mindre omfattande aktivitetar på utdanningsområdet. For omtale av Leonardo da Vinci, sjå kap. 225 post 72.
Hovudformålet for samarbeidsaktivitetane i programma er å utvikle kvaliteten, den interkulturelle dialogen og den europeiske dimensjonen i utdanningssystema i deltakarlanda.
Det norske tilskottet til EU-kontingenten for Sokrates-programmet, Det europeiske språkåret 2001, Det europeiske året for utdanning gjennom idrett 2004 og førebuande tiltak i utdannings- og ungdomspolitikken var på 48 mill. kroner i 2003. I tillegg har det nasjonale Sokrates-kontoret fått 7,7 mill. kroner.
Gjennom EØS-avtalen har Noreg slutta seg til det nye EU-programmet Erasmus Mundus for perioden 2004–08. SIU skal administrere programmet. For nærmare omtale sjå St.prp. nr. 60 (2003–2004).
Sokrates-programmet omfattar samarbeid innanfor allmennutdanning på alle nivå i utdanningssystemet. Programmet gir støtte til utveksling av elevar, studentar og lærarar, samt til nettverk og andre samarbeidsprosjekt der utdanningsinstitusjonar frå fleire europeiske land deltek.
I 2002–03 var norske skolar med i til saman 226 Comeniusprosjekt (178 skolepartnarskap, 19 språkprosjekt og 29 skoleutviklingsprosjekt), som involverte i alt 1 572 lærarar (1 003 kvinner, 569 menn) og 17 000 elevar (8 727 jenter, 8 273 gutar). I tillegg fekk 158 lærarar etterutdanningsstipend (101 i framandspråk, 57 i allmenne fag).
I Erasmus-samarbeidet har det vore merkbar auke i talet på innreisande studentar, og til ein viss grad i talet på utreisande lærarar. Institusjonane må i større grad arbeide med å auke omfanget på utvekslinga.
Erasmus-studentar
År | Inn | Ut |
---|---|---|
1992–93 | 155 | 474 |
1994–95 | 554 | 980 |
1995–96 | 727 | 1 212 |
1997–98 | 744 | 1 071 |
2000–01 | 980 | 1 008 |
2001–02 | 1 100 | 970 |
2002–03 | 1 244 | 1 010 |
Utveksling av lærarar gjennom Erasmus
År | Inn | Ut |
---|---|---|
2000–01 | 165 | 171 |
2001–02 | 170 | 229 |
2002–03 | 175 | 233 |
Departementet foreslår ei løyving på 72,2 mill. kroner i 2005. Løyvinga skal mellom anna dekkje kontingentutgifter til EU. Midlar til drift av programma er foreslått lagde inn i tildelinga til Senter for internasjonalisering av høgre utdanning, jf. omtale under post 01.
Post 74 Tilskott til UNIS
Universitetssenteret på Svalbard AS (UNIS) vart oppretta som eit statleg aksjeselskap 29. november 2002. Selskapet avløyste stiftinga Universitetsstudia på Svalbard, som vart oppretta av dei fire norske universiteta i 1994. Eigarinteressene til staten blir forvalta av Utdannings- og forskingsdepartementet.
Målet med tilskottsordninga er å medverke til at UNIS kan gi studietilbod på universitetsnivå og drive forsking med utgangspunkt i at Svalbard er geografisk plassert i eit høgarktisk område.
Universitetssenteret på Svalbard har gitt gode resultat med omsyn til undervisning, forsking og bidrag til lokalsamfunnet i Longyearbyen. UNIS har fire studieretningar: arktisk biologi, arktisk geologi, arktisk geofysikk og arktisk teknologi. Studentaktiviteten i 2003 utgjorde 119 60-studiepoengseiningar. 60 pst. av studentane var utanlandske. I 2003 var det 34 studentar som arbeidde med hovudfagsoppgåve og 29 registrerte doktorgradsstudentar ved UNIS.
UNIS har fått midlar til åtte doktorgradsstillingar i 2004. Ei av desse er øyremerkt russiske studentar. Det er lagt inn midlar til heilårseffekt i 2005 for dei to nye doktorgradsstillingane tildelte i 2004. Regjeringa foreslår å opprette 100 nye doktorgradsstipendiatstillingar i 2005, jf. kategoriinnleiinga. Midlar til to nye doktorgradsstillingar er foreslått lagde inn i budsjettramma til UNIS med verknad frå hausten 2005.
UNIS fekk ei løyving på 44,1 mill. kroner i 2004.
Departementet foreslår i 2005 ein auke i løyvinga på om lag 2 mill. kroner til å auke talet på studieplassar finansierte av departementet frå 100 til 115.
Svalbard Forskingspark er ei samlokalisering av alle dei akademiske miljøa i Longyearbyen. Prosjektet omfattar mellom anna kontor, undervisingsrom og laboratorium for UNIS, samt felles lager og verkstader for UNIS og Norsk Polarinstitutt. Det blir foreslått ein auke i løyvinga på 27 mill. kroner til utstyr i Svalbard Forskingspark og 2,1 mill. kroner til auka husleige. I tillegg viser departementet til Miljøverndepartementets kap. 1471 post 01, og Justisdepartementets kap. 3 post 70 og kap. 5 post 01. Samla blir det foreslått ei løyving på 77,1 mill. kroner til UNIS i 2005.
Post 75 Tilskott til Uninett
Uninett er organisert som eit statleg aksjeselskap, der Utdannings- og forskingsdepartementet forvaltar eigarinteressene til staten.
Mål for ordninga
Formålet med tilskottsordninga er å utvikle eit landsomfattande elektronisk datanett for forsking og utdanning.
Den primære målgruppa er institusjonar i universitets- og høgskolesektoren underlagte Utdannings- og forskingsdepartementet, samt andre institusjonar departementet spesifiserer for Uninett. Vidare kan Uninett tene andre institusjonar av ikkje-kommersiell art som har tilknyting til forsking og/eller utdanning.
Kriterium for måloppnåing
Kriterium for måloppnåing er at Uninett AS utviklar eit landsomfattande elektronisk datanett for forsking og utdanning.
Tildelingskriterium
Tilskottet blir gitt som grunntilskott innanfor ramma løyvd av Stortinget.
Oppfølging og kontroll
Styret for Uninett legg fram årsmelding, samt rekneskap og budsjett for verksemda. Utdannings- og forskingsdepartementet skal kontrollere dei innsende rapportane og rekneskapa.
Budsjettforslag for 2005
Det blir foreslått ei vidare satsing på utbygging av forskingsnettet til gigabitkapasitet med 10 mill. kroner. Departementet foreslår ei samla løyving på 20,9 mill. kroner til Uninett AS i 2005.
Post 76 Tilskott til NORDUnet, kan overførast
NORDUnet AS er ein nordisk nettverksorganisasjon som skal sikre felles nettinfrastruktur (NORDUnet) for dei nordiske universitets- og høgskolesektorane, samt knytte dei til internasjonale nett og nettenester. Siktemålet er å gi nettbrukarane i dei nordiske landa høgre kvalitet og lågare pris på nett og nettenestene enn det dei nasjonale nettverksorganisasjonane kan realisere på eiga hand.
NORDUnet AS er organisert som eit dansk aksjeselskap, som dei nasjonale nettverksorganisasjonane eig. Uninett AS forvaltar dei norske interessene i selskapet.
Den årlege veksten i nettverkstrafikken var på 27 pst. i 2003. Den store kapasiteten og dubleringane i nettet sikra pålitelege og raske tenester. Utbygginga av forskingsnettet mellom dei nordiske landa blei ført vidare i 2003. NORDUnet og dei nordiske forskingsnetta deltek aktivt i den europeiske nettutviklinga.
Departementet foreslår ei løyving på 15,8 mill. kroner til NORDUnet AS i 2005.
Post 78 Tilskott til Universitets- og høgskolerådet
Universitets- og høgskolerådet (UHR) er eit fellesorgan for statlege institusjonar innanfor høgre utdanning. Formålet med tilskottet er å utvikle og fremme forsking og høgre utdanning innanfor ein nasjonal forskings- og utdanningspolitikk. UHR skal fremme koordinering og arbeidsdeling innanfor universitets- og høgskolesektoren, og overfor andre nasjonale aktørar.
UHR har frå 2004 forvalta tilskottet til utgiving av lærebøker. Tilskottsordninga for utgiving av lærebøker i høgre utdanning er evaluert i 2004. Det blir foreslått å avvikle ordninga i 2005. Midlar til utgiving av lærebøker på samisk blir ført vidare med kr 500 000. Sjå nærmare omtale under kap. 274.
Departementet foreslår ei løyving på 7,4 mill. kroner til Universitets- og høgskolerådet i 2005.
Post 79 Ny universitetsklinikk i Trondheim, kan overførast
Formålet med tilskottet er å finansiere universitets- og høgskoledelen av den nye universitetsklinikken i Trondheim.
Første byggjefase omfattar mellom anna Laboratoriesenteret, Kvinne-barnsenteret og Nevrosenteret. Fase 1 er planlagt ferdigstilt i 2006. Utdannings- og forskingsdepartementet og Helse Midt-Noreg RHF har våren 2004 underteikna ein utbyggingsavtale om areal for universitets- og høgskoleformål ved oppføring av den nye universitetsklinikken.
I 2001 vedtok Stortinget å greie ut ei alternativ plassering av universitetsklinikken på Dragvoll. Gjennom behandlinga av Innst. S. nr. 193 (2001–2002), jf. St.prp. nr. 53 (2001–2002), vart plasseringa på Øya halden fast. Utsetjinga medførte ein tilleggskostnad for prosjektet på 122 mill. kroner, jf. St.prp. nr. 1 (2002–2003). Helse Midt-Noreg RHF gjennomfører risikoanalysar to gonger i året som ledd i prosjektstyringa. Risikoanalysen frå februar 2004 viser eit mogleg forbruk på i alt 52 mill. kroner av risikoavsetjinga i prosjektet ved ferdigstilling av fase 1. Dette inkluderer tilleggskostnadane ved at prosjektet er utsett.
Departementet utbetalte i 2003 om lag 332 mill. kroner til Helse Midt-Noreg RHF i samband med universitetsdelen av utbygginga. For nærmare omtale av byggjeprosjektet, sjå omtale under Helse- og omsorgsdepartementet kap. 732.
Forslaget til løyving for 2005 er på 253,3 mill. kroner. Midlane skal nyttast til vidare utbygging av fase 1, samt til planlegging av fase 2 av utbygginga. For omtale av utstyr til universitets- og høgskoledelen av ny universitetsklinikk, sjå kap. 262.
Kap. 3281 Fellesutgifter for universitet og høgskolar (jf. kap. 281)
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2003 | Saldert budsjett 2004 | Forslag 2005 |
02 | Salsinntekter o.a. | 5 529 | 10 | 10 |
15 | Refusjon for arbeidsmarknadstiltak | 40 | ||
16 | Refusjon av fødselspengar/adopsjonspengar | 507 | ||
18 | Refusjon av sjukepengar | 207 | ||
Sum kap. 3281 | 6 283 | 10 | 10 |
Kap. 282 Privat høgskoleutdanning
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2003 | Saldert budsjett 2004 | Forslag 2005 |
70 | Tilskott | 511 485 | 571 244 | 605 308 |
Sum kap. 282 | 511 485 | 571 244 | 605 308 |
Kapitlet omfattar tilskott til private høgskolar.
Post 70 Tilskott
Målsetjing
Tilskottet skal medverke til å sikre drift av ulike utdanningstilbod ved private høgskolar som oppfyller krava til fagleg nivå og øvrige vilkår i privathøgskolelova.
Vilkår for eksamensrett og statstilskott
Utover at krava for eksamensrett skal vere oppfylte, fastset lov av 11. juli 1986 nr. 53 om private høyskoler mellom anna følgjande vilkår for tildeling av statstilskott: Høgskolen må anten a) vere oppretta av religiøse eller etiske grunnar, b) vere oppretta som eit fagleg-pedagogisk alternativ eller c) utfylle det offentlege utdanningstilbodet på felt med udekt behov. I tillegg vil budsjettrammene vere avgjerande for om høgskolar kan få tilskott.
Rapport for 2003–04
Frå 1. januar 2003 vart det innført ei ordning med institusjonsakkreditering av dei private høgskolane. NOKUT har ansvaret for denne ordninga. Akkrediteringsordninga representerer ei ny og meir generell godkjenningsordning, som legg til rette for at private høgskolar kan få ei fagleg eigenforvaltning meir på linje med den som statlege institusjonar har. Dette gjeld både faglege fullmakter og retten til bruk av institusjonsnemningar. Departementet har i forskrift av januar 2003, forskrift om akkreditering, evaluering og godkjenning etter lov om universiteter og høgskoler og lov om private høyskoler, fastsett standardar for institusjonsakkreditering. NOKUT har utarbeidd utfyllande kriterium for institusjonsakkreditering i forskrift av 5. mai 2003, forskrift om kriterier for akkreditering av institusjoner og standarder og kriterier for akkreditering av studietilbud i norsk høgre utdanning. Endeleg institusjonsakkreditering skal tildelast av Kongen i statsråd.
Frå 1. januar 2003 sakshandsamar NOKUT søknader om og tildeler eventuell eksamensrett etter privathøgskolelova. NOKUT har utarbeidd standardar og kriterium for tildeling av eksamensrett og vil utarbeide nærmare retningslinjer.
Tabellen nedanfor viser tal på kandidatar og opptak ved private høgskolar som mottok støtte over kap. 282 i 2002 og i 2003. Tabellen er basert på rapportar frå institusjonane.
Privat høgskoleutdanning – kandidattal og opptakstal for kategoriar for utdanning (personar)
Private høgskolar – utdanningar med statstilskott over kap. 282 | Registrerte kandidattal 2002 | Registrerte kandidattal 2003 | Registrerte opptakstal 2002 | Registrerte opptakstal 2003 |
---|---|---|---|---|
Sjukepleiarutdanning | 422 | 376 | 556 | 638 |
Vernepleiarutdanning | 110 | 85 | 116 | 109 |
Sosionomutdanning | 81 | 72 | 112 | 116 |
Ergoterapiutdanning | 33 | |||
Andre helse- og sosialrelaterte utdanningar | 741 | 643 | 998 | 798 |
Cand.theol.-utdanning | 56 | 42 | 118 | |
Allmennlærarutdanning | 56 | 83 | 175 | 164 |
Førskolelærarutdanning | 159 | 168 | 268 | 265 |
Anna utdanning innanfor teologi, pedagogikk og kunst | 896 | 1 263 | 1 964 | 2 231 |
Siviløkonomutdanning | 341 | 295 | 318 | 276 |
Sivilmarknadsførarutdanning | 105 | 201 | 254 | 163 |
Revisorutdanning | 64 | 63 | 139 | 131 |
Ingeniørutdanning | 37 | 21 | 53 | 27 |
Andre økonomiske, journalistiske og tekniske utdanningar | 4 632 | 5 439 | 9 140 | 7 271 |
Sum privat høgskoleutdanning | 7 700 | 8 751 | 14 126 | 12 307 |
Kilde: DBH
Tabellen nedanfor viser avlagde studiepoeng per student i 2002 og 2003.
Avlagde studiepoeng ved private høgskolar1
Institusjon | Studiepoeng per student 200 | Studiepoeng per student 20032 |
---|---|---|
Diakonhjemmet Høgskole | 34,42 | 33,08 |
Menighetssøsterhjemmets Høgskole | 47,06 | 47,58 |
Betanien diakonale høgskole | 49,33 | 55,92 |
Lovisenberg diakonale høgskole | 34,01 | 34,79 |
Diakonissehjemmets Høgskole | 43,52 | 31,17 |
Rogaland Høgskole | 30,67 | 52,76 |
Det teologiske Menighetsfakultetet | 43,96 | 35,37 |
Misjonshøgskolen | 49,22 | 53,64 |
Norsk Lærerakademi Lærerhøgskolen | 36,92 | 34,90 |
Norsk Lærerakademi Bachelor- og masterstudier | 38,76 | 42,40 |
Dronning Mauds Minne Høgskolen | 44,29 | 50,71 |
Rudolf Steinerhøyskolen | 32,00 | 52,11 |
Den norske Eurytmihøyskole | 60,00 | 48,00 |
Barratt Dues Musikkinstitutt | 52,50 | 60,00 |
Den Norske Balletthøyskole | 57,93 | 39,13 |
Bergen Arkitekt Skole | 58,33 | 54,36 |
Handelshøyskolen BI | 37,97 | 39,41 |
Norges Informasjonsteknologiske Høgskole | 44,15 | 59,54 |
Mediehøgskolen Gimlekollen | 51,59 | 51,45 |
Norsk Reiselivshøyskole | 47,93 | 43,40 |
Oslo Merkantile Høyskole | 52,53 | 49,24 |
1 Byggjer på tal rapporterte av institusjonane til DBH.
2 Ein del av endringa i studiepoeng per student frå 2002 til 2003 kan kome av at det har vore ei rekkje endringar i studieprogramma, og at studiepoeng blir tilordna på ulike trinn i studieprogramma.
Data som blir rapporterte av høgskolane, er mellom anna grunnlag for resultatbasert tildeling, og slike data krev særattestasjon frå revisor.
Tabellen nedanfor gir eit oversyn over det økonomiske omfanget av verksemda ved dei private høgskolane med statstilskott i 2003.
Private høgskolar – statstilskott (kap. 282), totale driftsinntekter og driftskostnader i 2003
(i 1 000 kr) | |||
---|---|---|---|
Institusjon | Tilskott frå kap. 2821 | Totale drifts- inntekter2 | Drifts- kostnader (ekskl. husleige)2 |
Diakonhjemmet Høgskole | 46 005 | 84 447 | 78 910 |
Menighetssøsterhjemmets Høgskole | 21 055 | 25 636 | 21 893 |
Betanien diakonale høgskole | 15 498 | 19 429 | 16 032 |
Lovisenberg diakonale høgskole | 37 693 | 47 796 | 41 986 |
Diakonissehjemmets Høgskole | 15 395 | 21 225 | 18 646 |
Rogaland Høgskole | 20 653 | 23 129 | 21 413 |
Det teologiske Menighetsfakultetet | 37 264 | 49 237 | 52 069 |
Misjonshøgskolen | 10 331 | 25 538 | 26 031 |
Norsk Lærerakademi Lærerhøgskolen | 33 493 | 40 193 | 36 528 |
Norsk Lærerakademi Bachelor- og masterstudier | 24 397 | 31 260 | 31 346 |
Dronning Mauds Minne Høgskolen | 51 618 | 57 257 | 55 667 |
Rudolf Steinerhøyskolen | 6 965 | 8 687 | 7 995 |
Den norske Eurytmihøyskole | 2 186 | 2 529 | 2 180 |
Barratt Dues Musikkinstitutt | 10 944 | 12 477 | 12 506 |
Den Norske Balletthøyskole | 2 687 | 4 347 | 6 316 |
Bergen Arkitekt Skole | 9 124 | 12 027 | 8 763 |
Handelshøyskolen BI | 120 898 | 879 859 | 853 019 |
Norges Informasjonsteknologiske Høgskole | 25 808 | 86 665 | 68 534 |
Mediehøgskolen Gimlekollen | 8 971 | 23 812 | 11 858 |
Norsk reiselivshøgskole | 5 500 | 36 594 | 29 928 |
Oslo Merkantile Høyskole | 5 000 |
1 Saldert budsjett 2003.
2 Byggjer på tal rapporterte av institusjonane.
Tabellen nedanfor viser talet på registrerte studentar hausten 2002 og hausten 2003 ved private høgskolar som mottok støtte over kap. 282 og statstilskottet til desse i 2004.
Privat høgskoleutdanning – studenttal 2002 og 2003, samt statstilskott 2004
(i 1 000 kr) | |||
---|---|---|---|
Privat høgskoleutdanning | Registrerte studentar hausten 20021 | Registrerte studentar hausten 20031 | Statstilskott 2004 (endeleg brev om tilsegn) |
Diakonhjemmet Høgskole | 49 251 | ||
- sjukepleiarutdanning | 384 | 360 | |
- sosionomutdanning | 296 | 326 | |
- andre studium | 645 | 775 | |
Menighetssøsterhjemmets Høgskole | 320 | 344 | 21 903 |
Betanien diakonale høgskole | 270 | 285 | 16 297 |
Diakonissehjemmets Høgskole | 411 | 427 | 16 814 |
Lovisenberg diakonale høgskole | 750 | 817 | 39 400 |
Rogaland Høgskole | 495 | 401 | 20 244 |
Det teologiske Menighetsfakultetet | 41 314 | ||
- praktikum | 20 | 20 | |
- øvrige | 743 | 850 | |
Misjonshøgskolen | 13 382 | ||
- praktikum | 14 | 6 | |
- øvrige | 203 | 258 | |
Norsk Lærerakademi Bachelor- og masterstudier | 627 | 717 | 26 799 |
Norsk Lærerakademi Lærarhøgskolen | 616 | 610 | 36 507 |
Dronning Mauds Minne Høgskolen | 829 | 771 | 53 569 |
Barratt Dues Musikkinstitutt | 72 | 76 | 11 848 |
Rudolf Steinerhøyskolen | 150 | 145 | 6 840 |
Den norske Eurytmihøyskole | 21 | 21 | 2 617 |
Den Norske Balletthøyskole | 29 | 46 | 2 747 |
Bergen Arkitekt Skole | 108 | 117 | 9 619 |
Handelshøyskolen BI | 148 359 | ||
- Master of Science | 216 | 415 | |
- siviløkonomutdanning | 1 753 | 1 641 | |
- sivilmarknadsførarutdanning | 831 | 584 | |
- revisorutdanning | 425 | 454 | |
- andre utdanningar | 14 403 | 12 388 | |
Norges Informasjonsteknologiske Høgskole | 33 266 | ||
- forkurs | 58 | 45 | |
- dataingeniørutdanning | 163 | 113 | |
- datautdanning | 1 581 | 922 | |
Mediehøgskolen Gimlekollen | 157 | 183 | 9 323 |
Norsk reiselivshøyskole | 179 | 249 | 5 598 |
Oslo Merkantile Høgskole | 241 | 270 | 5 547 |
Sum | 27 010 | 24 636 | 571 244 |
1 Talet på personar rapporterte av institusjonane til DBH.
Grunnlag for resultatbasert tildeling i nytt finansieringssystem 2005
Frå og med budsjettåret 2003 er det innført eit nytt finansieringssystem for private høgskolar. I det nye finansieringssystemet blir det mellom anna lagt vekt på resultatbasert finansiering. Modellen skil mellom basisfinansiering, undervisningsfinansiering og forskingsfinansiering, sjå omtale St.prp. nr. 1 (2002–2003). Talet på 60-studiepoengseiningar og talet på utvekslingsstudentar er utgangspunktet for den resultatbaserte undervisningsfinansieringa. Tabellen nedanfor viser det samla talet på studiepoengseiningar og talet på utvekslingsstudentar i 2003, og vidare kva dette utgjer i endring frå 2002. Denne endringa er grunnlaget for endring i budsjettet for 2005. Sjå omtale av datagrunnlaget i kategoriinnleiinga.
Resultat 2003 og grunnlag for endring av budsjett 2005 for private høgskolar
Høgskole | Tal på 60-studie- poengseiningar 2003 | Grunnlag for endring av budsjett 2005 i høve til 2004 | Tal på utvekslings- studentar 2003 | Grunnlag for endring av budsjett 2005 i høve til 2004 |
---|---|---|---|---|
Diakonhjemmet Høgskole | 626,4 | +13,4 | 17 | +4 |
Menighetssøsterhjemmets Høgskole | 264,4 | +19,4 | 2 | +2 |
Betanien diakonale høgskole | 231 | +35 | 2 | 0 |
Diakonissehjemmets Høgskole | 221,3 | +6,3 | 0 | -2 |
Lovisenberg diakonale Høgskole | 438,3 | -0,6 | 0 | -2 |
Rogaland Høgskole | 321,1 | +68,2 | 8 | -3 |
Det teologiske Menighetsfakultetet | 397,9 | +20,6 | 21 | -2 |
Misjonshøgskolen | 135 | +16 | 9 | -7 |
Norsk Lærerakademi Bachelor- og masterstudier | 411,3 | +26,4 | 2 | -3 |
Norsk Lærerakademi Lærerhøgskolen | 393 | +33,1 | 1 | +1 |
Dronning Mauds Minne Høgskolen | 643,1 | +43 | 3 | -13 |
Barratt Dues Musikkinstitutt | 64 | +6 | 0 | -1 |
Rudolf Steinerhøyskolen | 110 | +33,1 | 3 | +3 |
Den norske Eurytmihøyskole | 21 | 0 | 3 | 0 |
Den norske Balletthøyskole | 30 | +1 | 0 | 0 |
Bergen Arkitekt Skole | 100 | -5 | 1 | -2 |
Handelshøyskolen BI | 1 406,3 | +136,4 | 634 | +15 |
Noregs Informasjonsteknologiske Høgskole | 974 | -136 | 0 | 0 |
Mediehøgskolen Gimlekollen | 127,5 | +16,5 | 0 | 0 |
Norsk reiselivshøgskole | 147,5 | +35,1 | 0 | 0 |
Oslo Merkantile Høgskole | 169,8 | +6,4 | 0 | 0 |
Sum | 7 232,9 | 374,3 | 706 | -10 |
Studium som får støtte, blir no spesifiserte for alle institusjonane på kap. 282. Tabellen nedanfor gir ei oversikt over studium som får støtte i budsjettet for 2005.
Oversikt over studium som inngår i berekning av støtte i 2005
Institusjon | Studium |
---|---|
Diakonhjemmet Høgskole | Sjukepleiarutdanning, sosionomutdanning, diakoni, psykisk helsearbeid, familieterapi, aldring og eldreomsorg, organisasjon og leiing |
Menighetssøsterhjemmets Høgskole | Sjukepleiarutdanning, diakoni, helsesøsterutdanning |
Betanien diakonale høgskole | Sjukepleiarutdanning, aldring og eldreomsorg |
Lovisenberg diakonale høgskole | Sjukepleiarutdanning, diakoni, aldring og eldreomsorg |
Diakonissehjemmets Høgskole | Sjukepleiarutdanning |
Rogaland Høgskole | Vernepleiarutdanning, ergoterapiutdanning |
Det teologiske Menighetsfakultetet | Praktikum, kristendom lågare grad, kristendom høgre grad, teologistudiet |
Misjonshøgskolen | Praktikum, teologistudiet lågare grad, teologistudiet høgre grad |
Norsk Lærerakademi Lærerhøgskolen | Allmennlærarutdanning, førskolelærarutdanning |
Norsk Lærerakademi Bachelor- og masterstudier | Ex.phil./ex.fac., interkulturell forståing, kristendomskunnskap lågare grad, kristendomskunnskap høgre grad, pedagogikk lågare grad, pedagogikk høgre grad, master in Philosophy in Education/Religious Education |
Dronning Mauds Minne Høgskolen | Førskolelærarutdanning, drama, førskolepedagogikk, spesialpedagogikk, pedagogisk rettleiing, pedagogisk arbeid på småskoletrinnet |
Rudolf Steinerhøyskolen | Lærarutdanning, førskolelærarutdanning |
Den norske Eurytmihøyskole | Eurytmiutdanning |
Barratt Dues Musikkinstitutt | Musikkutdanning |
Den Norske Balletthøyskole | Dansepedagogikkutdanning |
Bergen Arkitekt Skole | Master |
Handelshøyskolen BI | Master medrekna studium som tidlegare gjekk inn under dei oppheva gradane: Master of Science, siviløkonomstudium, høgre revisorstudium og sivilmarknadsførarstudium. Og for lågare grad: revisorstudium, diplommarknadsførarstudium i informasjon og samfunnskontakt, reiseliv og serviceleiing og diplomøkonomstudium i finans |
Norges Informasjonsteknologiske Høgskole | Dataingeniørutdanning, datautdanning |
Mediehøgskolen Gimlekollen | Mediekommunikasjon, journalistutdanning |
Norsk Reiselivshøyskole | Reiseliv og kommunikasjon |
Oslo Merkantile Høyskole | Internasjonal marknadsføring, marknadsøkonomi reiseliv, relasjonsleiing |
Budsjettforslag for 2005
Det nye finansieringssystemet hadde ingen omfordelande budsjettverknad i 2003. Det vart etablert ein utgangsposisjon, og det er først i budsjettframlegget for 2004 at endringar i oppnådde resultat gav utslag i tilskottet til den enkelte høgskolen.
I finansieringsmodellen for private høgskolar som blir nytta i dag, blir det gitt statstilskott for eit utval studium der avlagde studiepoeng gir utteljing i den resultatbaserte undervisningskomponenten. Dette utvalet av studium skaper problem både av teknisk og fagleg art. Departementet foreslår derfor å endre finansieringssystemet ved at alle studium blir inkluderte i undervisningskomponenten (med unntak av Handelshøyskolen BI, der enkelte vidareutdanningsstudium blir unntatt). Det blir gjeninnført ein tilskottsprosentsats i undervisningskomponenten for å tilpasse verdien av alle studiepoenga til den gjeldande budsjettramma i forslaget til budsjett for 2005. Ei fjerning av skiljet mellom studium som får støtte gjennom undervisningskomponenten og dei som ikkje får det, fører til auka likebehandling av private og statlege utdanningsinstitusjonar. Endringane vil også føre til auka fleksibilitet, samt enklare rutinar for rapportering av studiepoeng. For å kunne gjennomføre dette må basiskomponenten for enkelte høgskolar justerast. Det blir etablert ny utgangsposisjon for kvar enkelt høgskole. Departementet vil vurdere eventuelle justeringar i datamaterialet dersom det viser seg å vere nødvendig som følgje av kvaliteten i datarapporteringa. Dei private høgskolane må arbeide vidare for å sikre gode rutinar for rapportering, sjå kategoriinnleiinga.
Det nye finansieringssystemet bør ha legitimitet i sektoren det skal verke i. Departementet har derfor lagt vekt på samarbeid med representantar frå Nettverk for private høgskoler ved endringa av systemet.
Undervisningskomponenten
Dei private institusjonane får ein auke i budsjettramma på 12,5 mill. kroner etter at talet på 60-studiepoengseiningar har auka med 374,3 og talet på utvekslingsstudentar er redusert med ti. For Handelshøyskolen BI har det vore naudsynt å fryse studiepoengsutteljinga på siviløkonomstudiet og sivilmarknadsstudiet, då ein ikkje kan samanlikne tala frå 2002 til 2003 på grunn av omlegging av desse studia.
Resultatbasert løyving
(i 1 000 kr) | ||||||||
---|---|---|---|---|---|---|---|---|
Høgskole | Utteljing A | Utteljing B | Utteljing C | Utteljing D | Utteljing E | Utteljing F | Utteljing utvekslings- studentar | Sum |
Diakonhjemmet Høgskole | -1 120 | 1 259 | 22 | 161 | ||||
Menighetssøster- hjemmets Høgskole | 547 | 60 | 11 | 617 | ||||
Betanien diakonale høgskole | 1 152 | -26 | 0 | 1 126 | ||||
Lovisenberg diakonale høgskole | -434 | 338 | -11 | -107 | ||||
Diakonissehjemmets Høgskole | 200 | -11 | 189 | |||||
Rogaland Høgskole | 1 785 | 680 | -16 | 2 449 | ||||
Det teologiske Menighetsfakultetet | -312 | 627 | 493 | -191 | -11 | 607 | ||
Misjonshøgskolen | -546 | -1 368 | 1 534 | -38 | -418 | |||
Norsk Lærerakademi Lærerhøgskolen | 1 059 | 5 | 1 065 | |||||
Norsk Lærerakademi Bachelor- og masterstudier | 527 | 326 | -16 | 836 | ||||
Dronning Mauds Minne Høgskolen | 1 237 | 115 | -70 | 1 282 | ||||
Rudolf Steiner- høyskolen | 1 056 | +16 | 1 072 | |||||
Den norske Eurytmi- høyskole | 0 | 0 | 0 | |||||
Barratt Dues Musikk- institutt | 468 | -5 | 463 | |||||
Den Norske Ballett- høyskole | 52 | 0 | 52 | |||||
Bergen Arkitekt Skole | -390 | -11 | -401 | |||||
Handelshøyskolen BI | 5 911 | -497 | 81 | 5 495 | ||||
Oslo Merkantile Høyskole | 166 | 0 | 166 | |||||
Norsk reiselivs- høgskole | 912 | 0 | 912 | |||||
Norges Informasjons- teknologiske Høgskole | -384 | -3 224 | 0 | -3 608 | ||||
Mediehøgskolen Gimlekollen | -133 | 641 | 0 | 508 | ||||
Sum | -780 | 52 | 7 349 | 5 127 | 772 | -54 | 12 466 |
Forskingskomponenten
Omfanget av forskingsaktiviteten varierer mellom dei private høgskolane. For eit fleirtal av høgskolane er det ikkje dokumentert forskingsresultat som viser at det bør bli oppretta ein forskingskomponent, men det ligg midlar til forsking i basiskomponenten til alle institusjonane.
I samband med opptrappingsplanen for doktorgradsstillingar foreslår Regjeringa å opprette 100 nye doktorgradsstillingar i 2005, sjå kategoriinnleiinga. Midlar til fire nye doktorgradsstillingar er foreslått lagt inn i budsjettramma til private høgskolar med verknad frå hausten 2005. Departementet foreslår å fordele desse med to nye doktorgradsstillingar ved Handelshøyskolen BI og to nye doktorgradsstillingar ved Det teologiske Menighetsfakultetet. Desse stillingane er lagt inn med halvårsverknad i 2005 og plasserte i forskingskomponenten. For seks doktorgradsstillingar tildelte i 2004 er det lagt inn midlar til heilårseffekt i 2005.
Departementet har vidareført løyvinga til forsking på om lag 15,9 mill. kroner. Midlane er fordelt utifrå ei vurdering av vitskaplege publikasjonar, doktorgradskandidatar og tildelte midlar frå Noregs forskingsråd på følgjande vis: 11,5 mill. kroner til Handelshøyskolen BI, 2,3 mill. kroner til Det teologiske Menighetsfakultetet, kr 352 748 til Diakonhjemmet Høgskole og 1,7 mill. kroner til Misjonshøgskolen. Departementet meiner denne fordelinga er formålstenleg premiering av dokumenterte forskingsresultat. Departementet tek sikte på å vurdere fordelinga i samband med budsjettframlegget for det enkelte året, slik at private høgskolar som kan dokumentere forskingsresultat, får utteljing for dette. Sjå omtale av etablering av system for forskingsdokumentasjon i kategoriinnleiinga.
Basiskomponenten
Det vart også oppretta ein basiskomponent i samband med innføring av nytt finansieringssystem i budsjettet for 2003. Basiskomponenten skal vere ein stabil og pårekneleg del av statstilskottet. Basisløyvinga inneheld midlar til forsking og undervisning.
I samband med Stortinget sitt vedtak om utviding av siviløkonomutdanninga til fem år er budsjettramma auka med 2,5 mill. kroner til studieplassar ved Handelshøyskolen BI i 2005, jf. St.meld. nr. 11 (2001–2002) og Innst. S. nr. 188 (2001–2002).
Regjeringa foreslår ein reduksjon av budsjettramma for universitet og høgskolar på 78 mill. kroner knytt til reduksjon av talet på studieplassar. Reduksjonen for private høgskolar utgjer 5,5 mill. kroner, tilsvarande 283 studieplassar (60-studiepoengseiningar) dersom reduksjonen tas i dei minst kostnadskrevjande studia. Ved Norges Informasjonsteknologiske Høgskole er det ein stor nedgang i student- og søkjartala, og høgskolen har dermed ledig kapasitet. I samband med dette foreslår departementet å redusere budsjettramma med 144 studieplassar.
Budsjettramma er auka med 2 mill. kroner siden departementet foreslår at Høgskulen på Jæren får statstilskott i budsjettet for 2005.
Tabellen nedanfor viser budsjettforslaget for 2005 fordelt på komponentane i finansieringssystemet.
Oversikt over budsjettforslaget for 2005 fordelt på komponentane i finansieringssystemet
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Institusjon | Under- visning | Forsking | Basis | Samla forslag om statstilskott 2005 |
Diakonhjemmet høgskole | 18 059 | 353 | 32 800 | 51 212 |
Menighetssøsterhjemmets Høgskole | 8 409 | 0 | 14 754 | 23 163 |
Betanien diakonale høgskole | 7 307 | 0 | 10 596 | 17 903 |
Diakonissehjemmets Høgskole | 7 080 | 0 | 10 416 | 17 496 |
Lovisenberg diakonale høgskole | 13 841 | 0 | 26 592 | 40 433 |
Rogaland Høgskole | 10 641 | 0 | 12 647 | 23 288 |
Det teologiske Menighetsfakultetet | 13 213 | 8 289 | 21 590 | 43 092 |
Misjonshøgskolen | 4 159 | 3 407 | 5 875 | 13 441 |
Norsk Lærerakademi Bachelor- og masterstudier | 11 438 | 0 | 16 983 | 28 421 |
Norsk Lærerakademi Lærerhøgskolen | 12 581 | 0 | 26 061 | 38 642 |
Dronning Mauds Minne Høgskolen | 20 185 | 0 | 36 237 | 56 422 |
Barratt Dues Musikkinstitutt | 4 992 | 0 | 7 472 | 12 464 |
Rudolf Steinerhøyskolen | 3 536 | 0 | 4 576 | 8 112 |
Den norske Eurytmihøyskole | 1 108 | 0 | 1 583 | 2 691 |
Den Norske Balletthøyskole | 1 560 | 0 | 1 518 | 3 078 |
Bergen Arkitekt Skole | 7 805 | 0 | 1 693 | 9 498 |
Handelshøyskolen BI | 116 172 | 22 292 | 24 848 | 163 312 |
Norges Informasjonsteknologiske Høgskole | 26 014 | 0 | 1 970 | 27 984 |
Mediehøgskolen Gimlekollen | 4 132 | 0 | 5 975 | 10 107 |
Norsk Reiselivshøyskole | 3 834 | 0 | 2 838 | 6 672 |
Oslo Merkantile Høgskole | 4 415 | 0 | 1 459 | 5 874 |
Høgskolen på Jæren | 832 | 0 | 1 171 | 2 003 |
Sum tildeling | 301 313 | 34 341 | 269 654 | 605 308 |
Programkategori 07.70 Forsking
Utgifter under programkategori 07.70 fordelte på kapittel
(i 1 000 kr) | |||||
---|---|---|---|---|---|
Kap. | Nemning | Rekneskap 2003 | Saldert budsjett 2004 | Forslag 2005 | Pst. endr. 04/05 |
0283 | Meteorologiformål | 370 872 | 353 310 | 244 658 | -30,8 |
0285 | Noregs forskingsråd | 1 149 486 | 1 362 302 | 1 153 842 | -15,3 |
0286 | Fondet for forsking og nyskaping (jf. kap. 3286) | 5 328 398 | 606 205 | 3 834 760 | 532,6 |
0287 | Forskingsinstitutt og andre tiltak (jf. kap. 3287) | 316 928 | 130 528 | 132 491 | 1,5 |
0288 | Internasjonale samarbeidstiltak (jf. kap. 3288) | 158 597 | 736 137 | 666 797 | -9,4 |
Sum kategori 07.70 | 7 324 280 | 3 188 482 | 6 032 548 | 89,2 |
Budsjettforslaget for utgifter under kategori 07.70 utgjer om lag 6 033 mill. kroner. Dette er ein auke på 2 844 mill. kroner i høve til saldert budsjett 2004. Auken gjeld auka kapital i Fondet for forsking og nyskaping. Tekniske endringar utgjer netto ein reduksjon på 97 mill. kroner, jf. omtale under det einskilde kapittelet.
Nedgangen på kap. 283 skriv seg frå omlegging til nettobudsjettering.
Inntekter under programkategori 07.70 fordelte på kapittel
(i 1 000 kr) | |||||
---|---|---|---|---|---|
Kap. | Nemning | Rekneskap 2003 | Saldert budsjett 2004 | Forslag 2005 | Pst. endr. 04/05 |
3283 | Meteorologiformål (jf. kap. 283) | 154 516 | 135 359 | 59 | -100,0 |
3286 | Fondet for forsking og nyskaping (jf. kap. 286) | 1 251 317 | 1 917 884 | 1 982 339 | 3,4 |
3287 | Forskingsinstitutt og andre tiltak (jf. kap. 287) | 12 366 | 16 962 | 21 500 | 26,8 |
3288 | Internasjonale samarbeidstiltak (jf. kap. 288) | 4 737 | 4 754 | 4 916 | 3,4 |
Sum kategori 07.70 | 1 422 935 | 2 074 959 | 2 008 814 | -3,2 |
Budsjettforslaget for inntekter under kate-gori 07.70 utgjer 2 009 mill. kroner. Dette er ein reduksjon på 66 mill. kroner i høve til saldert budsjett 2004. Tekniske endringar utgjer netto ein reduksjon på 135 mill. kroner, jf. omtale under det einskilde kapittelet.
For ein omtale av norsk forsking generelt, sjå under del I, kap. 2 Forsking og utvikling i statsbudsjettet.
Regjeringa ønskjer at norsk forsking skal gi ny kunnskap og føre til framtidig verdiskaping. For å kunne gjere dette må forskingsinnsatsen vere langsiktig og ha høg kvalitet, forskingssystemet må leggje til rette for god forsking, og norske forskarar må ta aktivt del i det internasjonale forskingssamarbeidet.
Mål: Langsiktig og god forsking
Regjeringa vil styrkje den langsiktige, grunnleggjande forskinga og betre kvaliteten i norsk forsking.
Styrkt finansiering av langsiktig, grunnleggjande forsking
Grunnforsking medverkar til å gi større innsikt i naturen, oss sjølve og samfunnet, og dannar grunnlag for forskingsbasert undervisning. Den offentleg finansierte grunnforskinga sikrar landet ei langsiktig kunnskapsoppbygging, gir oss kunnskap på område som kan bli sentrale i framtida, og gjer bedrifter og institusjonar betre i stand til å hente inn ny kunnskap utanfrå. Norsk grunnforsking er dermed avgjerande for utviklinga av næringsliv og velferd i Noreg. Grunnforskinga i Noreg blir først og fremst driven ved universitet og vitskaplege høgskolar. Det er relativt få store, forskingstunge føretak som investerer i langsiktig, grunnleggjande forsking i Noreg.
Direkte løyvingar til universitet og høgskolar og løyvingar gjennom Noregs forskingsråd er hovudkanalane for finansiering av grunnforsking. Finansiering gjennom Noregs forskingsråd er ei komplementær kjelde for offentleg finansiering av fri grunnforsking og sikrar at nasjonale perspektiv og heilskapsvurderingar blir lagde til grunn. Departementet har gjennomført ei brei vurdering av finansieringa av norsk grunnforsking. Eit resultat av gjennomgangen er at det skal bli ei tydelegare fordeling av arbeidsoppgåver mellom Forskingsrådet og universitets- og høgskolesektoren, m.a. når det gjeld finansiering av doktorgradsstillingar.
Avkastninga frå Fondet for forsking og nyskaping er ei viktig kjelde for finansiering av langsiktig forsking og nye kvalitetstiltak, sjå kap. 286. Kapitalen i Forskingsfondet vart auka med 4,8 mrd. kroner i 2003 og 1 mrd. kroner i 2004. Regjeringa foreslår å auke kapitalen i fondet med 3,2 mrd. kroner frå 2005, slik at samla kapital blir 36 mrd. kroner. Avkastninga frå Forskingsfondet vil i 2005 bli fordelt med 401,7 mill. kroner i direkte forskingsløyvingar til universitet og høgskolar over kategori 07.60, og til saman 1 580,7 mill. kroner til Noregs forskingsråd. Løyvinga til Forskingsrådet er fordelt på kap. 285 post 52, kap. 286 post 50 og kap. 920 post 50. Løyvinga over kap. 286 post 50 aukar med 28 mill. kroner. Desse midlane skal nyttast til langsiktig, grunnleggjande forsking retta mot petroleumssektoren. Sjå nærmare omtale av Forskingsfondet og bruken av avkastninga under kap. 286.
Auka kvalitet i forskinga
Høg kvalitet i forsking er viktig for å få fram gode, relevante og tillitvekkjande resultat. Regjeringa har som mål å auke kvaliteten i norsk forsking. Fleire forskarar og forskingsmiljø skal opp i internasjonal toppklasse, og det generelle nivået på norsk forsking skal hevast.
Forskarinitiert grunnforsking gjennom frie prosjekt er eit viktig verkemiddel for å sikre kvalitet og fagleg fornying. Dette verkemidlet vil òg i 2005 ha høg prioritet, jf. kap. 285 post 52.
Departementet prioriterer fagutvikling innanfor disiplinane. Dette arbeidet blir koordinert av Noregs forskingsråd, som etter omorganiseringa har oppretta ein eigen divisjon for utvikling av fag og disiplinar, Divisjon for vitskap. Forskingsrådet har gjennomført ei rekkje fagevalueringar, som gir eit godt bilete av kvaliteten på norsk grunnforsking. Evalueringane nyttar internasjonal ekspertise. Resultata så langt syner at kvaliteten på norsk forsking er varierande. Nokre miljø held høgt internasjonalt nivå, men det er eit generelt behov for forskingsleiing, konsentrasjon, arbeidsdeling og fornying. Tilrådingane frå evalueringane dannar grunnlag for forskingspolitiske vurderingar og prioriteringar i departementet, Forskingsrådet og hos dei involverte institusjonane. Forskingsrådet har eit særleg ansvar for å følgje opp desse evalueringane.
Ordninga «Senter for framifrå forsking» er eit viktig tiltak for å auke kvaliteten i norsk forsking. Ordninga blir forvalta av Forskingsrådet og er finansiert med midlar frå avkastninga frå Forskingsfondet. Sentra får ei løyving på 6–21 mill. kroner i fem år, og med positiv evaluering vil perioden bli utvida med ytterlegare fem år. Sjå nærmare omtale under kap. 286 post 50.
Satsinga på «Yngre framifrå forskarar» utviklar forskarar og forskingsleiarar i internasjonal toppklasse gjennom å gi yngre, særskilt talentfulle forskarar ekstra gode rammevilkår. Det vart løyvd 20 mill. kroner kvart av åra 2003 og 2004, og løyvinga blir vidareført på same nivå i 2005, jf. kap. 285 post 52. Satsinga er aktuell for alle fagområde og er eit viktig ledd i arbeidet for å rekruttere og halde på dei beste forskingstalenta.
I 2002 oppretta Noreg ein internasjonal matematikkpris for å styrkje matematikkfaget og heidre minnet om Niels Henrik Abel. Abel-prisen er delt ut to gonger. Noreg har òg oppretta ein internasjonal pris for framifrå forsking innanfor humaniora og samfunnsvitskap, kalla opp etter Ludvig Holberg. Holberg-prisen skal delast ut første gong i desember 2004. Prisane er viktige tiltak for å synleggjere framifrå forsking og forskarar. For meir omtale av Abel- og Holberg-prisane, sjå kap. 287.
Tilgang til oppdatert vitskapleg utstyr er naudsynt for at forskarar ved norske universitet og høgskolar skal kunne vere i den internasjonale forskingsfronten. Det har derfor vore ei sterk satsing på dette dei siste åra. Likevel er det framleis behov for slikt utstyr. Forskingsrådet har kartlagt behovet for vitskapleg utstyr, databasar, samlingar av vitskapleg materiale og annan infrastruktur. Samla investeringsbehov fram til 2010 er om lag 4,6 mrd. kroner. Løyvingar til vitskapleg utstyr blir gitt både direkte over grunnløyvingane til institusjonane og gjennom Noregs forskingsråd, jf. kap. 285 post 52.
Auka rekruttering til forsking
Gjennomsnittsalderen blant forskarar ved institusjonane er høg, og på nokre fagområde er rekrutteringa sviktande. Samstundes er det ein aukande etterspurnad etter forskarkompetanse både i næringslivet og offentleg sektor. Det er ei sentral forskingspolitisk målsetjing å få fram tilstrekkeleg mange gode forskarar. Det er òg eit viktig mål å auke talet på kvinner, både blant rekruttar og i det faste forskarpersonalet.
Stortinget vedtok ein utvida opptrappingsplan for doktorgradsstillingar i samband med handsaminga av Innst. S. nr. 91 (2002–2003), jf. St.meld. nr. 35 (2001–2002) om rekruttering til universitets- og høgskolesektoren. Regjeringa foreslår å opprette 100 nye doktorgradsstillingar i 2005, jf. kategori 07.60. I tillegg kjem det midlar til doktorgradsstillingar over budsjettet til Forskingsrådet gjennom den auka avkastninga frå Forskingsfondet på kap. 286 post 50 og gjennom forskingsløyvingar frå andre departement. Finansieringskanalane er komplementære. Det er derfor formålstenleg å nytte ein kombinasjon i arbeidet for auka rekruttering. For meir omtale av doktorgradsstillingar, sjå kategori 07.60.
Det er viktig å halde på gode forskarkandidatar og sikre rekruttering til faste stillingar. Gode verkemiddel for dette er postdoktorgradsstillingar som gir gode tilhøve for vidare kvalifisering etter avlagd doktorgrad, og fleksible ordningar for tilsetjing. Forskingsrådet skal halde fram med å prioritere postdoktorgradsstillingar ved oppretting av nye rekrutteringsstillingar.
Det har vore eit stort fleirtal av menn i faste vitskaplege stillingar i universitets- og høgskolesektoren. Talet på kvinner i slike stillingar har auka i dei siste åra, men i høgre faglege stillingar er talet framleis lågt, sjå kategori 07.60. Sentrale aktørar i arbeidet for auka kvinnedeltaking er Komiteen for integrering av likestilling i forsking, som vart oppnemnd i januar 2004, og Forskingsrådet. Arbeidet for å auke talet på kvinner på fagområde med få kvinner, og for å kvalifisere kvinner til faste akademiske stillingar, særleg toppstillingar, skal styrkjast. Forskingsrådet skal halde fram gjeldande praksis med moderat kjønnskvotering og arbeide aktivt for å få fleire kvinner med i internasjonalt forskingssamarbeid.
Mål: Eit velfungerande forskingssystem
Det er eit mål at institusjonane i forskingssystemet blir innretta slik at dei fremmer kvalitet og effektivitet, og at overordna forskingspolitiske prioriteringar blir gjennomførde. Løyvingane over kategori 07.70 skal medverke til dette.
Eit betre forskingsråd
Noregs forskingsråd er det overordna utøvande forskingsstrategiske organet i Noreg. For betre å kunne utføre dei pålagde oppgåvene vart Forskingsrådet omorganisert frå hausten 2003. I det nye Forskingsrådet er det tre divisjonar: Divisjon for vitskap, Divisjon for store satsingar og Divisjon for innovasjon. Hovudstyret har ei sterkare rolle enn tidlegare. Forskingsrådet har vorte ein meir open arena. Forskingsrådet vil framleis vere den viktigaste rådgivaren for Regjeringa i forskingspolitiske saker, men andre aktørar blir òg trekte inn, m.a. i arbeidet med ny stortingsmelding om forsking.
I juni 2003 vart det sett ned eit eksternt utval som skulle gi råd om sentrale element i handsaminga av søknader i Forskingsrådet. Målet var å sikre habilitet, fagleg kvalitet og effektivitet, jf. omtale i St.prp. nr. 1 (2003–2004). Bakgrunnen var ei konkret løyvingssak. Utvalet, som vart leia av professor Eivind Smith, leverte rapporten sin i februar 2004. Utvalet tilrår å oppretthalde dei unntaka Forskingsrådet har frå forvaltningslova når det gjeld klagerett og grunngiving. Utvalet tilrår vidare at Forskingsrådets interne reglar om automatisk inhabilitet bør avgrensast. Rapporten gir konkrete tilrådingar om tiltak som vil sikre habilitet, fagleg kvalitet og effektivitet. Tilrådingane går m.a. på handsaminga av søknader i programstyra, søknadsvurdering og tilbakemelding til søkjarar. Hovudstyret i Forskingsrådet legg opp til å følgje opp tilrådingane frå utvalet og tek sikte på å ta endeleg stilling til forslaga hausten 2004.
Ein betre instituttsektor
Regjeringa har starta ein brei gjennomgang av den norske instituttsektoren. I dette arbeidet vil ein sjå nærmare på viktige område som samarbeid og arbeidsdeling både mellom dei einskilde institutta og mellom institutta og universitet og høgskolar, internasjonale forhold og den rolla institutta speler i innovasjonssystemet. Regjeringa vil komme tilbake til dette arbeidet i stortingsmeldinga om forsking som vil bli lagd fram for Stortinget i vårsesjonen 2005.
Over kategori 07.70 blir det gitt basisløyvingar direkte til dei underliggjande institutta Norsk institutt for forsking om oppvekst, velferd og aldring (NOVA) og Norsk Utanrikspolitisk Institutt (NUPI) over kap. 287 postane 50 og 52, og til fem forskingsinstitutt gjennom Noregs forskingsråd over kap. 287 post 54. Dei større institusjonane som får midlar direkte over kategori 07.70, er organiserte som forvaltningsorgan med særskilde fullmakter. Unntaket er Meteorologisk institutt, som til no har vore eit ordinært statleg forvaltningsorgan. Stortinget har vedteke å omdanne Meteorologisk institutt til eit forvaltningsorgan med særskilde fullmakter, inkludert nettobudsjettering, frå 1. januar 2005, jf. Innst. S. nr. 250 (2003–2004). Vedtaket er i samsvar med dei vurderingane Statskonsult gjorde i si utgreiing, jf. omtale i St.prp. nr. 1 (2003–2004). Departementet vil komme tilbake til organisering av den kommersielle verksemda ved instituttet seinare. Vurderinga vil inkludere eventuell utskiljing i eiga juridisk eining.
Tiltak mot fusk i forsking
Departementet meiner at Noreg bør ha eit system som kan handsame fusk i forsking, jf. St.meld. nr. 39 (1998–99) Forskning ved et tidsskille. Dette bør sjåast i samanheng med det forskingsetiske komitésystemet vi har i dag. Eit høringsnotat om saka vart sendt ut sommaren 2004. I notatet har departementet foreslått ein eigen lov, både om dei nasjonale og regionale forskingsetiske komiteane og om eit nytt nasjonalt utval som kan handsame saker om fusk. Departementet tek sikte på å leggje saka fram for Stortinget tidleg på nyåret 2005.
Mål: Auka internasjonalisering i forskinga
Norsk forsking utgjer om lag fire promille av den totale forskinga i OECD-området. Noreg treng tilgang på kunnskap utvikla i andre land for ikkje å sakke akterut teknologisk og forskingsmessig. Det er viktig at både grunnleggjande og anvend forsking held tilstrekkeleg høg kvalitet, og at Noreg som nasjon får tilgang til forsking og teknologi av stor verdi for eit kunnskapsbasert og berekraftig samfunn. Vi må derfor arbeide aktivt for å halde på og tiltrekkje oss framifrå forskarar og kunnskapsbasert næringsliv. Regjeringa har derfor som mål å auke internasjonaliseringa av norsk forsking.
Internasjonalt forskingssamarbeid sikrar at forskingsmiljø og næringsliv utviklar seg i eit samspel med forskingsmiljø og næringsliv i utlandet, og sikrar òg at nasjonal forsking held tilstrekkeleg høg kvalitet. Innanfor fleire område er utfordringane og kostnadene dessutan så høge at samarbeid mellom fleire land er naudsynt.
Internasjonalt forskingssamarbeid skjer i stor grad gjennom uformelle kontaktar og nettverk mellom personar og mellom miljø. I tillegg kjem eit aukande formalisert samarbeid gjennom internasjonale organisasjonar, større internasjonale fellessatsingar og program, og gjennom bilaterale avtalar på statleg nivå. Noreg tek òg del i fleire internasjonale fellessatsingar, m.a. EUs rammeprogram for forsking og fleire internasjonale grunnforskingsorganisasjonar, jf. kap. 288 post 72 og 73.
Deltakinga i EUs rammeprogram for forsking er det mest omfattande internasjonale samarbeidet norske forskarar, forskingsmiljø og næringsliv deltek i. Rammeprogrammet skal styrkje den europeiske konkurranseevna i industrien og medverke til auka livskvalitet i befolkninga. Rammeprogrammet skal medverke til etableringa av det europeiske forskingsområdet (European Research Area), som er eit vidare samarbeid med vekt på m.a. betre samspel mellom nasjonale forskingsprogram og utvikling av nettverk for framifrå forsking. Rammeprogrammet utgjer berre om lag fem pst. av dei totale offentlege midlane til forsking i EU, medan visjonen bak ERA er å stimulere til samarbeid som òg gjeld dei resterande 95 pst. EU har vedteke å auke FoU-investeringane til tre pst. av BNP innan 2010. To tredelar av investeringane skal komme frå næringslivet. Rammeprogrammet har som ei viktig oppgåve å realisere desse ambisjonane. Noreg tek aktivt del i denne utviklinga.
Norsk deltaking i EUs femte rammeprogram for forsking (1999–2002) har vorte evaluert og blir karakterisert som vellukka. Ei sentral tilråding er å arbeide for ei betre koordinering mellom nasjonale og europeiske forskingsstrategiar for å auke utbyttet av deltakinga i rammeprogrammet ytterlegare. Sjå nærmare omtale under kap. 288 post 73 og kap. 285 post 52.
EUs sjette rammeprogram (2002–06) starta opp i 2003. Noreg deltek som medlem med fulle rettar. EU har no starta førebuingane til eit sjuande rammeprogram for forsking (2006–10). Noreg vil delta aktivt i utforminga av programmet. For nærmare omtale av rammeprogramma, sjå kap. 288 post 73.
For å sikre eit godt samarbeid og nær dialog med relevante aktørar i Brussel, har departementet vedteke å etablere eit norsk EU-kontor for forsking i Brussel. Forskingsrådet vil i samarbeid med Innovasjon Noreg ha det administrative ansvaret for kontoret, som skal assistere norske aktørar og medverke til å styrkje den norske deltakinga i rammeprogrammet.
Forsking er òg ein integrert del av det organiserte nordiske samarbeidet. For å stimulere det nordiske forskingssamarbeidet ytterlegare har Nordisk Ministerråd gått inn for å utvikle Norden til ein leiande region for forsking og innovasjon (NORIA) innan 2010. Eit nytt organ – Nordforsk – vil få ansvar for å styrkje forskingssamarbeidet mellom dei nordiske landa. Nordforsk skal gi felles nordisk økonomisk støtte til forsking, som saman med nasjonale midlar kan gi stor effekt på prioriterte område.
Noreg er part i ei rekkje bilaterale avtalar knytte til forsking. Det er eit mål å utnytte desse avtalane betre. Nord-Amerika er det mest forskingsintensive området i verda. Departementet ønskjer å leggje eit godt grunnlag for at norske forskarar skal få eit auka samarbeid med forskarar i denne delen av verda, og har i samarbeid med andre departement og aktørar utvikla ein strategi for forskings- og teknologisamarbeid med Nord-Amerika. Strategien skal medverke til ei langsiktig og forsterka opptrapping av FoU-samarbeidet med USA og Canada, og såleis medverke til auka kvalitet i norsk forsking og meir kunnskapsbasert næringsutvikling. Regjeringa foreslår å løyve 10 mill. kroner til oppfølging av denne strategien i 2005.
Forskarmobilitet er ei viktig drivkraft for å internasjonalisere norsk forsking. For å få til dette må norske miljø opne seg meir mot omverda. I 2003 vart rapporten «Forskarmobilitet til Noreg» lagd fram av eit utval som var sett ned av Noregs forskingsråd. Rapporten konkluderer med at kvalitet er det viktigaste verkemidlet for å få utanlandske forskarar til Noreg. Rapporten peiker på at særleg meir direkte kunnskapsimport, ved at utanlandske forskarar har fleire og lengre opphald ved norske forskingsmiljø, kan ha store ringverknader for fagmiljøa. Rapporten tilrår at det blir oppretta eit postdoktorprogram for lovande utanlandske forskarar for opphald på minst eit år. Rapporten tilrår òg at dei økonomiske rammene blir utvida. Forskingsrådet har eit nasjonalt ansvar for disiplinutvikling og for mobilitet i forskinga. Departementet er i dialog med Forskingsrådet om korleis tiltaka kan følgjast opp.
Regjeringa ønskjer at doktorgradsstipendiatar har minst eitt lengre opphald i utlandet i løpet av stipendiatperioden. For å styrkje det individbaserte samarbeidet er det viktig å etablere gode internasjonale nettverk tidleg i karrieren. Forskingsrådet blir bedt om å sjå nærmare på korleis dette kan gjerast, i samarbeid med institusjonane.
Departementet ønskjer å leggje til rette for at langt fleire utanlandske forskarar tek arbeid ved norske forskingsinstitusjonar og verksemder, at den utanlandske finansieringa av norsk forsking aukar, og at samarbeidet mellom norske forskingsinstitusjonar og leiande internasjonale forskingsinstitusjonar kjem opp på eit høgare nivå enn i dag.
Kap. 283 Meteorologiformål
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2003 | Saldert budsjett 2004 | Forslag 2005 |
01 | Driftsutgifter | 256 183 | 236 235 | |
21 | Særskilde driftsutgifter | 61 870 | 65 000 | |
45 | Større utstyrsinnkjøp og vedlikehald , kan overførast | 14 403 | 9 946 | |
50 | Meteorologisk institutt | 198 049 | ||
72 | Internasjonale samarbeidsprosjekt , kan overførast | 38 415 | 42 129 | 46 609 |
Sum kap. 283 | 370 872 | 353 310 | 244 658 |
I høve til budsjettet for 2004 er det gjort følgjande tekniske endringar:
I samband med overgang til nettobudsjettering av Meteorologisk institutt frå 1. januar 2005 er utgiftsløyvingane samla på ny post 50. Inntektsløyvingane under kap. 3283 er trekte ut, og utgiftsløyvingane er reduserte tilsvarande. Unntak er gjort for ODA-godkjende utgifter, som framleis blir førte over kap. 3283 post 04. Løyvinga på post 50 er auka med 17,4 mill. kroner i samband med at instituttet ved overgang til nettobudsjettering vil gå over til lokal berekning av pensjonsutgifter. Kap. 1542 og kap. 1543 på budsjettet til Moderniseringsdepartementet er til saman redusert tilsvarande.
Post 50 er auka med kr 521 000 som kompensasjon for innføring av el-avgift, jf. St.meld. nr. 2 (2003–2004).
Kapittelet omfattar tilskott til drift av Meteorologisk institutt og tilskott til internasjonalt meteorologisk samarbeid.
Post 01 Driftsutgifter, post 21 Særskilde driftsutgifter og post 45 Større utstyrsinnkjøp og vedlikehald, kan overførast
Meteorologisk institutt står for den offentlege meteorologiske tenesta for sivile og militære formål. Instituttet har òg viktige oppgåver i samband med meteorologifagleg forsking og utvikling, klimastudiar og beredskap. Beredskapstenestene omfattar m.a. varsling ved atomulykker og ved utslepp til luft eller hav. Instituttet har om lag 385 tilsette. Hovudkontora ligg i Oslo, Bergen og Tromsø. I tillegg er observasjonsstasjonar spreidde over heile fastlandet og i Arktis.
Resultatrapport for 2003–04
Kvaliteten på lokalvarslinga er auka ved betre tilgang på radardata, vidareutvikling av modellar og nye tekniske hjelpemiddel i varslinga. Innføringa av ein forbetra atmosfæremodell for operasjonell vêrvarsling har vore viktig.
Forskinga ved instituttet er i all hovudsak knytt til varsling og klima. Stadig fleire prosjekt blir finansierte gjennom EU og Noregs forskingsråd, og instituttet deltek aktivt i internasjonal klimaforsking. Instituttet har òg bygd opp eit nasjonalt senter for klimamodellering.
Moderniseringa og oppgraderinga av observasjonsstasjonane vart ført vidare. I 2003 vart 16 automatiske vêrstasjonar etablerte, og observasjonsinnsamlinga ved 50 manuelle stasjonar vart automatiserte. I 2004 vart ein ny vêrradar på Røst teken i bruk. Med unntak for området rundt Stad gir vêrradarane no ei samanhengande og god dekning av kystområda opp til Vesterålen.
Omorganiseringa av flyvêrtenesta har vore ei viktig oppgåve for instituttet i 2003–04. Frå og med 1. januar 2004 overtok Avinor AS observasjonsoppgåvene ved seks flyplassar, medan brifing- og varslingsoppgåvene vart flytta frå flyplassane til dei regionale vêrvarslingssentralane. Instituttet har i samband med omlegginga måtta nedbemanne med 45,4 årsverk. Instituttet fekk i 2004 ei ekstra-løyving på 8,8 mill. kroner til ventelønn og omstillingstiltak.
Meteorologisk institutt deltek i eit utstrakt internasjonalt samarbeid, både innanfor vêrvarsling og forsking, jf. kap. 283 post 72. Internett har vorte vidareutvikla som informasjonskanal, både i høve til allmenta og til samarbeidspartnarar.
Leveranseavtalane mellom Marknadsavdelinga og resten av instituttet om data og tenester vart utvida og forbetra. Dette medverkar til eit klarare skilje mellom den kommersielle verksemda og kjerneverksemda ved instituttet.
Meteorologisk institutt arbeider for å styrkje den kommersielle verksemda, m.a. gjennom utvikling av nye produkt.
Post 50 Meteorologisk institutt
Resultatmål for 2005
Viktige mål for instituttet i 2005 er:
å auke kvaliteten på regionale og lokale varsel og medverke til å betre kunnskapen om klimaet
å vere leiande når det gjeld å levere meteorologisk informasjon til det norske samfunnet
å modernisere det nasjonale observasjonssystemet, samt å føre vidare utbygginga av vêrradarnettet i Noreg
å utføre forsking av høg kvalitet for å betre den offentlege meteorologiske tenesta
å utnytte internasjonale data og ressursar slik at det fører til betre og meir kostnadseffektive meteorologiske tenester
å sørgje for at omlegginga til nettobudsjettering skjer på ein god måte
Budsjettforslag for 2005
Løyvinga på post 50 skal dekkje dei utgiftene som tidlegare vart førte på postane 01, 21 og 45. Dette gjeld m.a. driftsutgifter, større utstyrsinnkjøp og vedlikehald medrekna utbygging av vêrradarnettet. Løyvinga må ikkje nyttast til subsidiering av den kommersielle verksemda ved instituttet. Av løyvinga på posten er 5,7 mill. kroner øyremerkte ventelønn og omstillingstiltak i samband med omlegginga av flyvêrtenesta. Meteorologisk institutt vil gå over til lokal berekning av pensjonsutgifter etter omlegginga til nettobudsjettering. Løyvinga er derfor auka med 17,4 mill. kroner.
Post 72 Internasjonale samarbeidsprosjekt, kan overførast
Midlane går i hovudsak til kontingentutgifter i samband med norsk deltaking i følgjande internasjonale meteorologiorganisasjonar og samarbeidsprosjekt:
Den meteorologiske verdsorganisasjonen (WMO)
Den europeiske organisasjonen for utnytting av meteorologiske satellittar (EUMETSAT)
Det europeiske senteret for mellomlange vêrvarsel (ECMWF)
Europeiske samarbeidsprosjekt mellom dei meteorologiske institutta (EUMETNET, EGOS, EuroGOOS og HIRLAM)
Målsetjing
Formålet med ordninga er å innfri dei forpliktingane Noreg har til å betale kontingent for norsk deltaking i internasjonale meteorologiske organisasjonar og samarbeidsprosjekt. Dette er deltaking som gjer at Noreg kan medverke til og dra nytte av internasjonal utveksling av data, kunnskap og metodar innanfor meteorologi.
Rapport for 2003–04
Meteorologisk institutt er ein aktiv deltakar i fleire internasjonale meteorologiorganisasjonar. Instituttet leier m.a. to av dei åtte tekniske kommisjonane innanfor WMO og fekk i 2003 presidentskapet i ECOMET og ECMWF. Instituttet deltok i fleire prosjekt knytte til kartlegging av hav- og istilhøve, m.a. gjennom EUMETSAT og Norsk Romsenter. Vêrvarsla frå ECMWF har vorte stadig betre, og senteret er ei viktig datakjelde for vêr- og klimaforsking. Gjennom nordisk (NORDKLIM) og internasjonalt samarbeid medverka instituttet til å byggje opp ein klimadatabase for forsking. Instituttet har òg samarbeidd med meteorologiske institutt i dei andre nordiske landa om utvikling av kjernetenestene til institutta.
Budsjettforslag for 2005
Budsjettforslaget byggjer på budsjettforslag frå organisasjonane. Forslaget inneber ei vidareføring av aktivitetsnivået frå 2004.
Kap. 3283 Meteorologiformål (jf. kap. 283)
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2003 | Saldert budsjett 2004 | Forslag 2005 |
01 | Inntekter frå oppdrag | 59 412 | 65 000 | |
02 | Salsinntekter o.a. | 22 253 | 19 000 | |
04 | Refusjon av ODA-godkjende utgifter | 59 | 59 | 59 |
05 | Refusjon for flyvêrtenester | 67 625 | 51 300 | |
16 | Refusjon av fødselspengar/adopsjonspengar | 2 431 | ||
18 | Refusjon av sjukepengar | 2 736 | ||
Sum kap. 3283 | 154 516 | 135 359 | 59 |
Sjå omtale av tekniske endringar i samband med omlegging til nettobudsjettering av Meteorologisk institutt under kap. 283.
Post 04 gjeld refusjon av ODA-godkjende utgifter, dvs. utgifter som kan godkjennast som utviklingshjelp etter OECDs retningslinjer.
Kap. 285 Noregs forskingsråd
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2003 | Saldert budsjett 2004 | Forslag 2005 |
52 | Forskingsformål | 952 750 | 1 158 254 | 943 000 |
55 | Administrasjon | 196 736 | 204 048 | 210 842 |
Sum kap. 285 | 1 149 486 | 1 362 302 | 1 153 842 |
Løyvinga til «Programmet for tungrekning» på 22 mill. kroner er overført frå kap. 281 post 01 til kap. 285 post 52.
Kapittelet omfattar løyvingar til forskingsformål gjennom Noregs forskingsråd og administrasjonskostnader til Noregs forskingsråd.
Post 52 Forskingsformål
Løyvingane til Forskingsrådet over post 52 blir nytta til å finansiere grunnforsking innanfor alle fagområde. Posten dekkjer òg midlar til vitskapleg utstyr, forsking knytt til medlemskap i internasjonale program og institusjonar (følgjeforsking), strategiske fellesfunksjonar og informasjon. Formidling av kunnskap er eit sentralt krav til dei faglege løyvingane.
Som det går fram av tabellen nedanfor, blir løyvinga over post 52 fordelt på fagområde og ei rekkje særskilde formål. Departementet vil i samarbeid med Forskingsrådet vurdere om det er tenleg å endre inndelinga av løyvinga på posten.
Faglege løyvingar til Noregs forskingsråd. Fordeling på fagområde og særskilde formål
(i mill. kroner) | ||||
---|---|---|---|---|
Fagområde | 2002 | 2003 | 2004 | 2005 |
Humaniora | 97 | 107 | 112 | 107 |
Samfunnsvitskap | 87 | 86 | 96 | 87 |
Medisin og helse | 116 | 126 | 135,5 | 132 |
Miljø og utvikling | 46 | 50 | 53 | 48 |
Naturvitskap og teknologi | 240 | 304 | 319 | 306 |
FUGE1 | – | 50 | 50 | 49 |
Vitskapleg utstyr | 20 | 108 | 108 | 42 |
Styrking av EU-arbeidet2 | – | 5 | 18 | 48 |
Yngre framifrå forskarar | – | 20 | 20 | 20 |
Kommersialisering av forsking | – | 6 | 11,5 | 8 |
Rekruttering av forskarar innanfor fiskeri-, havbruks- og landbrukssektoren | 19 | 21 | 22 | 15 |
Strategiske fellesfunksjonar | 41 | 35 | 51 | 61 |
Informasjon | 11 | 14 | 16,5 | 16,5 |
Kompensasjon for auka pensjonsutgifter3 | 28 | 21 | 2 | – |
Særskilde eittårige midlar i 2004 | – | – | 140,5 | – |
Tverrfaglege tiltak4 | – | – | 3,5 | 3,5 |
Sum | 705 | 953 | 1 158,5 | 943 |
1 I tillegg blir meir enn 100 mill. kroner av avkastninga frå Forskingsfondet over kap. 286 post 50 nytta til FUGE.
2 Departementet gav Forskingsrådet løyve til å omdisponere 5 mill. kroner frå løyvinga som var sett av til vitskapleg utstyr i 2003, til å styrkje koordineringa i samband med EUs rammeprogram for forsking. I 2004 gjeld midlane til EU-arbeidet særleg nasjonal samfinansiering av EU-prosjekt som forskingsinstitutta deltek i. Det vart òg sett av 30 mill. kroner til dette formålet innanfor dei særskilde eittårige midlane.
3 Tala skil seg frå dei som stod i St.prp. nr. 1 (2002–2003), fordi ein del av kompensasjonen for auka pensjonsutgifter har vorte fordelt på ulike fagområde.
4 Løyvinga gjeld Divisjon for store satsingar.
Løyvinga på posten er ei hovudkjelde for fagutvikling i alle disiplinar. Konkurranse og fagfellevurderingar etter beste internasjonale praksis sikrar at midlane fremmer kvalitet. Løyvinga skal òg nyttast til å evaluere norske forskingsmiljø. Forskingsrådet skal styrkje arbeidet med oppfølging av evalueringane.
Løyvinga blir fordelt på fleire verkemiddel. Dei viktigaste er støtte til frie prosjekt og program. «Frie prosjekt» er forskingsprosjekt som ikkje er knytte til forskingsprogram eller infrastrukturtiltak. Forskarinitiert grunnforsking gjennom frie prosjekt er eit hovudverkemiddel for å sikre kvalitet og fornying i grunnforskinga. Fri prosjektstønad kan gå til mange ulike formål, t.d. doktorgradsstillingar, postdoktorgradsstillingar og utveksling av forskarar. På denne måten vil dei frie prosjekta også støtte opp under andre mål som rekruttering og internasjonalisering.
Del frie prosjekt som prosent av den faglege løyvinga til Forskingsrådet fordelt på fagområde (jf. kap. 285 post 52)
2001 | 2002 | 2003 | 2004 | |
---|---|---|---|---|
Humaniora | 54 | 57 | 56 | 59 |
Samfunnsvitskap | 36 | 35 | 40 | 50 |
Medisin og helse | 70 | 69 | 73 | 82 |
Miljø og utvikling | 58 | 55 | 53 | 51 |
Naturvitskap og teknologi | 51 | 50 | 41 | 41 |
Tabellen over viser at delen frie prosjekt varierer mellom dei ulike fagområda. Den er lågast for naturvitskap og teknologi og høgast for medisin og helse. Utviklinga over tid viser ein auke for medisin og helse, som har hatt ein særskild strategi for å auke frie prosjekt. Delen frie prosjekt innanfor naturvitskap og teknologi har gått ned, m.a. på grunn av den store auken i løyvingane til materialforsking og til Simula-senteret frå 2002 til 2003. Målt i kroner er nivået det same som i 2002. Forskingsrådet skal framleis prioritere frie prosjekt.
Programløyvingar har som hovudformål å byggje opp kompetanse og utvikle kunnskap på tematisk avgrensa felt der Noreg har særskilde behov eller særskilde føresetnader. Løyvinga frå departementet går til grunnforskingsprogram og til delfinansiering av såkalla handlingsretta, eller anvende, program.
Forskingsrådet har starta opp eit nytt verkemiddel kalla «Store program» frå 2004. Dei store programma er tverrgåande, målretta satsingar som skal dekkje heile spekteret frå grunnforsking til næringsretta forsking. Midlar frå Utdannings- og forskingsdepartementet over denne posten går inn i programma FUGE, NANOMAT og NORKLIMA.
Strategiske universitetsprogram og støtte til avansert vitskapleg utstyr er tiltak som skal leggje til rette for auka kvalitet i norsk forsking og støtte opp under forskingsstrategiar ved institusjonane. Forskingsrådet gir òg støtte til kontingentar, informasjon, formidling, evalueringsverksemd samt stimuleringstiltak og nettverksbygging. For meir omtale av forskingsverksemda og andre tiltak som blir finansierte av Noregs forskingsråd, sjå heimesidene til Forskingsrådet.
Humanistisk forsking
Resultatrapport for 2003–04
Av løyvinga på posten gjekk 107 mill. kroner til humanistisk forsking i 2003. I 2004 er løyvinga 112 mill. kroner.
For 2003 la departementet til grunn at delen fri prosjektstøtte og grunnforskingsprogram skulle førast vidare på same nivå som året før. Løyvinga skulle også nyttast til å følgje opp evalueringa av lingvistikk, til styrking av tiltak som fremmer kvalitet, og til å styrkje «Program for samisk forsking».
Forskingsrådet har auka løyvingane til fri prosjektstøtte, jf. tabell over. Auken gikk til vekst i dei midlane som blir fordelte gjennom fagkomiteane, og til ei avsetjing til strategiske prosjekt for fagutvikling. Nærmare 90 pst. av midlane innanfor frie prosjekt gjekk til universiteta.
Evalueringa av lingvistikk vart levert i 2002. Saman med fagmiljøa har Forskingsrådet arbeidd med å følgje opp tilrådingane. Samarbeidet om datalingvistikk har auka, gjennom KUNSTI, Forskingsrådets program for norsk språkteknologi. Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet (NTNU) har slått saman Institutt for anvendt lingvistikk og Lingvistisk institutt, i tråd med ei av tilrådingane i evalueringa. I 2003 vedtok Forskingsrådet å starte ei evaluering av faget nordisk språk og litteratur. Evalueringa skal avsluttast i 2005.
Budsjettauken til «Program for samisk forsking» har gjort det mogleg å satse på langsiktig kompetanseheving på høgskolar med samisk forsking.
Gjennom «Program for kulturstudiar» (1997–2002) vart vel 30 prosjekt finansierte. Stor vekt vart lagd på formidling av resultata, m.a. gjennom seminar og ein skriftserie. I 2003 vart dette programmet avløyst av «Program for kulturforsking» (2003–07).
Ei rekkje program har delt finansiering med samfunnsvitskap. Det gjeld «Program for samisk forsking», «Kjønnsforsking» og «Kommunikasjon, IKT og medier».
Midlar til humanistisk forsking inngår også i programma «Etikk, samfunn og bioteknologi» og «Velferdsprogrammet», og i forsking om internasjonal migrasjon og etniske relasjonar (IMER).
I humanistisk forsking vart det løyvd midlar til 48 doktorgradsårsverk og 22 postdoktorgradsårsverk i 2003. Det inneber ein auke til fordel for postdoktorgradsstillingar framfor doktorgradsstillingar. Det er ei svak overvekt av kvinner som fekk doktorgradsstillingar, mens det motsette gjeld for postdoktorgradsstillingar.
Resultatmål for 2005
Løyvinga til humanistisk forsking skal i 2005 vere om lag 107 mill. kroner. Delen fri prosjektstøtte skal førast vidare på om lag same nivå som i 2004. Arbeidet med tiltak som fremmer kvalitet i forsking, skal halde fram.
Samfunnsvitskapleg forsking
Resultatrapport for 2003–04
Av løyvinga på posten gjekk 86 mill. kroner til samfunnsvitskapleg forsking i 2003. I 2004 er løyvinga om lag 96 mill. kroner.
For 2003 la departementet til grunn at nivået på fri prosjektstøtte skulle haldast oppe, og at grunnforskingsprogramma skulle førast vidare. 40 pst. av løyvinga gjekk til frie prosjekt i 2003. Det er ein auke på om lag fem prosentpoeng i høve til 2002. Delen midlar til fagevalueringar var noko høgare i 2003 enn i 2002. Ramma til handlingsretta program var òg høgare i 2003 enn i 2002, medan ramma til grunnforskingsprogram var lågare i 2003 enn i 2002.
Løyvinga til evalueringar vart styrkt for å finansiere fagevalueringa av norsk pedagogisk forsking, som vart ferdig i 2004. Evalueringa konkluderer med at det er stor variasjon mellom og innanfor de pedagogiske miljøa når det gjeld kvalitet i forskinga og talet på publiseringar. I samarbeid med dei evaluerte miljøa vil Forskingsrådet som oppfølging vurdere ulike verkemiddel for å styrkje kvaliteten og fagutviklinga i pedagogisk forsking. Dei pedagogiske miljøa vil òg sjølve følgje opp evalueringa med ulike tiltak.
Løyvinga til grunnforskingsprogram gjekk m.a. til programma «Offentleg sektor i endring», «Advanced Research on the Europeanisation of the Nation-State» (ARENA) og «Kunnskapsutvikling i profesjonsutdanninga» (KUPP), som alle hadde hovudfinansieringa si frå Utdannings- og forskingsdepartementet. KUPP vart òg finansiert med midlar frå kategori 07.60. To nye program, «Kommunikasjon, IKT og medier» og «Kunnskap, utdanning og læring», starta opp i 2003.
ARENA (1993–2003) har vore eit fleirfagleg grunnforskingsprogram om Europa. Programmet har m.a. sett på korleis EU og andre europeiske regime påverkar dei viktigaste funksjonane og institusjonane til nasjonalstaten. Eit sentralt mål har vore å styrkje den norske forskingskompetansen om endringsprosessane i Europa. ARENA har gjennom 2003 lagt eit fagleg og organisatorisk og delvis finansielt grunnlag for ei vidareutvikling av programmet som eit internasjonalt leiande forskingsmiljø innanfor dette området. Ein samla sluttrapport for heile perioden vart ferdig i 2004. ARENAs faglege verksemd vil i perioden 2004–08 bli vidareført ved Universitetet i Oslo under namnet Senter for Europaforsking.
Midlane til samfunnsvitskapleg forsking finansierer òg basisløyving til Norsk samfunnsvitskapleg datateneste AS (NSD) og Norsk senter for barneforsking (NOSEB), og til European Social Survey.
Resultatmål for 2005
Løyvinga til samfunnsvitskapleg forsking skal i 2005 vere om lag 87 mill. kroner. Forskingsrådet skal prioritere fri prosjektstøtte. Evalueringa av dei pedagogiske miljøa skal følgjast opp.
Medisinsk og helsefagleg forsking
Resultatrapport for 2003–04
Av løyvinga på posten gjekk 126 mill. kroner til medisinsk og helsefagleg forsking i 2003. I 2004 er løyvinga om lag 135,5 mill. kroner. Over 80 pst. av midlane vart i 2003 kanaliserte til universiteta.
For 2003 la departementet til grunn at delen frie prosjekt skulle førast vidare. Det skulle leggjast vekt på nyskapande forsking, internasjonalisering, rekruttering og oppfølging av biofagevalueringa.
Løyvinga støtter grunnforsking og anvend forsking som er relevant for fleire sjukdommar og helseplager. Prosjekt relaterte til kreft har auka mest frå 2002 til 2003.
Kvalitetsfremmande tiltak har stått i fokus i 2003. Dei beste forskarane har fått tildelt større rammeløyvingar gjennom satsinga på grunnleggjande sjukdomsmekanismar, Medisin og helse-grupper, miljøstøtte og forskarinitierte prosjekt og gjennom programmet for funksjonell genomforsking (FUGE). Sjå òg eigen omtale av FUGE nedanfor.
Ei evaluering av klinisk, samfunnsmedisinsk, helsefagleg og psykologisk forsking vart gjennomført i 2003. Evalueringa viser at fleire forskingsmiljø hevdar seg i front internasjonalt, men òg at det er store utfordringar innanfor mange fagområde for å heve nivået. Forskingsrådet vil utarbeide ein handlingsplan for konkret oppfølging av evalueringa.
Evalueringa av Toppforskingsprogrammet vi- ser at programmet har svart til forventningane, men peiker òg på fleire forhold som bør endrast ved vidareføring av programmet. Resultata frå evalueringa er brukte i samband med opprettinga av satsinga på Yngre framifrå forskarar, jf. seinare omtale.
Forskingsrådet har i 2003 arbeidd med å følgje opp tilrådingane i biofagevalueringa om å etablere ei nasjonal satsing på nevrovitskapleg forsking – NevroNor. Det er etablert ei nasjonal NevroNor-gruppe, og fire regionale grupper er under etablering. NevroNor tek utgangspunkt i nasjonale behov, eksisterande kompetanse og nasjonale fortrinn.
Forskingsrådet følgjer nøye med på rekrutteringa av forskarar med bakgrunn i medisin, odontologi og psykologi. Dette gjeld både forskarutdanning og studentforsking. Delen medisinarar blant doktorgradsstipendiatane var 26 pst. i 2003 mot 29 pst. i 2001. Den negative trenden har med andre ord ikkje stoppa opp. I 2003 vart det løyvd 7,1 mill. kroner til studentforsking, om lag det same som året før. Studentforsking skal motivere deltakarane til å ta forskarutdanning.
Internasjonalisering er eit viktig kvalitetsfremmande tiltak, og postdoktorstipendiatar som har ein plan for utanlandsopphald, blir prioriterte. 66 personar fekk tildelt utanlandsstipend frå området Medisin og helse i 2003 mot 60 i 2002.
Resultatmål for 2005
Løyvinga til medisinsk og helsefagleg forsking skal i 2005 vere om lag 132 mill. kroner. Forskningsrådet skal prioritere forsking av høg kvalitet m.a. gjennom støtte til frie prosjekt og internasjonal forskarutveksling. Vidare skal Forskingsrådet framleis arbeide for å betre rekrutteringa av medisinarar til forsking. Regjeringa ønskjer at Noreg skal bli medlem av International Neuroinformatics Coordinating Facility (INCF), som skal etablerast i 2005. Målet med INCF er å vere ei internasjonal koordineringseining for data frå forsking innanfor nevroinformatikk. Løyvinga skal dekkje kontingent til INCF.
Miljø- og utviklingsforsking
Resultatrapport for 2003–04
Av løyvinga på posten gjekk 50 mill. kroner til miljø- og utviklingsforsking i 2003. I 2004 aukar løyvinga til 53 mill. kroner. For 2003 føresette departementet at aktivitetane skulle førast vidare på same nivå som i 2002, og med hovudvekt på grunnleggjande forsking. Frie prosjekt og opparbeiding av tverrfagleg kompetanse var prioriterte.
Den fjerde nasjonale konferansen om klimaforsking vart arrangert i april 2003. I juni 2003 arrangerte Forskingsrådet og Utdannings- og forskingsdepartementet ein internasjonal konferanse på Svalbard om klimaendringar. Konferansen samla deltakarar på høgt politisk nivå frå 17 land. Forskingsrådet starta i 2003 arbeidet med ein ny strategisk plan for norsk forsking i Antarktis.
Ein statusrapport for norsk polarforsking og forsking på Svalbard vart utarbeidd av Norsk institutt for studiar av forsking og utdanning i 2003. Rapporten viser ein auke i aktivitet ved forskingsstasjonen i Ny-Ålesund. Det er internasjonale forskarar som står for denne auken, medan aktiviteten blant norske forskarar har gått noko ned dei seinaste åra.
Hausten 2003 avslutta Forskingsrådet eit kartleggingsarbeid om forskingsbehov knytte til fattigdomsreduksjon i sør. Dette arbeidet vart teke vidare i 2004 i samarbeid med forskingsmiljøa.
Det vart løyvd 1 mill. kroner til norsk kontingent til den internasjonale samarbeidsmekanismen Global Biodiversity Information Facility (GBIF) i 2004.
Ein programplankomité for global helseforsking vart oppretta av Forskingsrådet i 2004. Komiteen vil leggje fram ein programplan for forsking på fattigdomsrelaterte sjukdommar og førebu utlysing av prosjektmidlar frå 2006.
Resultatmål for 2005
Løyvinga til forsking på området miljø og utvikling skal vere om lag 48 mill. kroner i 2005. Aktivitetane skal i hovudsak førast vidare på same nivå som i 2004 med hovudvekt på langsiktig, grunnleggjande forsking. Prioritering av frie prosjekt og opparbeiding av tverrfagleg kompetanse skal halde fram.
Naturvitskapleg og teknologisk forsking
Resultatrapport for 2003–04
Av løyvinga på posten gjekk 304 mill. kroner til naturvitskapleg og teknologisk forsking i 2003. I 2004 er løyvinga 319 mill. kroner.
Løyvinga vart i 2003 auka med 30 mill. kroner til ei særskilt satsing innanfor nanoteknologi og nye materialar. Vidare vart løyvinga auka med 9 mill. kroner til opptrappinga av basisløyvingane til Simula-senteret på Fornebu. Departementet føresette at frie prosjekt skulle prioriterast, og at arbeidet med å følgje opp fagevalueringane innanfor naturvitskap og teknologi skulle følgjast opp. Forskingsrådet har følgt opp føringane frå departementet.
I 2003 vart 41 pst. av løyvinga nytta til å finansiere 378 frie prosjekt. I 2003 starta Forskingsrådet evalueringa av dei ingeniørvitskaplege miljøa. Evalueringa skal avsluttast hausten 2004. Vidare vart det i 2003 etablert ei ordning for strategisk oppfølging av dei nasjonale fagplanane som byggjer på evalueringane. I 2003 oppnådde 51 kandidatar doktorgrad ved hjelp av midlar som er løyvde over denne posten. Delen kvinnelege doktorgradsstipendiatar auka frå 30 pst. i 2002 til 34 pst. i 2003, medan delen av kvinnelege postdoktorgradsstipendiatar auka frå 30 pst. til 35 pst.
Fire strategiske forskingsprogram vart avslutta i 2003, og fire nye starta opp. Første periode av «Formidlingsprogrammet», som m.a. skulle auke interessa for realfaga, vart avslutta i 2003. Programmet blir vidareført for ein ny periode.
I 2003 finansierte Utdannings- og forskingsdepartementet følgjande program knytte til internasjonale grunnforskingsorganisasjonar: Kjerne- og partikkelforsking (CERN), Romforsking (European Space Agency) og ESRF-følgjeforsking (European Synchrotron Radiation Facility). I tillegg vart følgjande grunnforskingsprogram finansierte: «Marine ressursar, miljø og forvaltning», «Grunnleggjande IKT-forsking», «Berekningsorientert matematikk», og «Katalyse og organisk syntetisk kjemi». Forskingsrådet har i 2003 arbeidd særskilt med å skipe programma «Kjernekompetanse og verdiskaping i IKT» og «e-science». Vidare gjekk løyvingane til 16 strategiske universitetsprogram, omstillingsprosjekt og kontingentar til dei internasjonale organisasjonane Ocean Drilling Program, Nordic Optical Telescope og European Incoherent Scatter (EISCAT).
Løyvinga til IKT-senteret Simula på Fornebu vart vidareført i 2003 med eit samla budsjett på 49 mill. kroner. Av desse kom 29 mill. kroner frå Utdannings- og forskingsdepartementet. I 2003 publiserte forskarane ved senteret 17 artiklar i vitskaplege tidsskrift med «referee», samt ei rekkje andre publikasjonar.
Resultatmål for 2005
Løyvinga til naturvitskapleg og teknologisk forsking skal vere om lag 306 mill. kroner. Kvalitet i forskinga må vere i fokus, og det bør leggjast særskild vekt på kvalitetsfremmande tiltak. Forskingsrådet skal halde fram arbeidet med å evaluere norske forskingsmiljø, og sørgje for ei god og systematisk oppfølging. Midlar til frie prosjekt er eit viktig verkemiddel for å sikre kvalitet og fagleg fornying, og skal prioriterast. Følgjeforskinga bør sjåast som eit sentralt verkemiddel for å styrkje den grunnleggjande forskinga innanfor naturvitskap og teknologi.
FUGE (funksjonell genomforsking)
FUGE-programmet er oppretta for å styrkje forsking og kompetanseutvikling innanfor funksjonell genomforsking i Noreg, og for å medverke til at Noreg kan bli leiande i verda på område der landet har spesielle føresetnader. Løyvinga over denne posten var på om lag 50 mill. kroner i 2004. I tillegg har Forskingsrådet tildelt til saman 126,7 mill. kroner til FUGE av avkastninga frå Fondet for forsking og nyskaping, jf. kap. 286 post 50.
FUGE-programmet satsar innanfor tre utvalde område: medisinsk forsking, marin forsking og biologisk grunnforsking. Ei hovudsatsing hittil har vore å etablere ti teknologiplattformer, som er nasjonale service- og kompetansesenter innanfor ulike spesialområde. I 2004 har støtte til ulike typar prosjekt vore prioritert, til dømes forskarstyrte prosjekt, brukarstyrte innovasjonsprosjekt og kompetanseprosjekt med brukarmedverknad. Dei sistnemnde tek sikte på næringsutvikling. Dei forskarstyrte prosjekta inkluderer m.a. etikkprosjekt om humane biobankar. Rekruttering er ein viktig del av satsinga, der karrierestipend etter gjennomført postdoktorperiode er eit av verkemidla. Internasjonalt samarbeid står sentralt i genomforskinga, og det er m.a. opna for at norske deltakarar i relevante EU-prosjekt kan søkje om tilleggsstøtte frå FUGE-programmet.
Departementet legg til grunn at FUGE-satsinga blir ført vidare på om lag same nivå som i 2004, jf. òg kap. 286 post 50.
Vitskapleg utstyr
Resultatrapport for 2003–04
Forskingsrådet har oppnemnt eit nytt utstyrsutval for perioden 2003–06 med representantar frå universiteta, dei vitskaplege høgskolane og dei statlege høgskolane. Utvalet skal fordele midlar til vitskapleg utstyr, leggje opp ein nasjonal utstyrsstrategi og samordne innkjøp mellom institusjonane.
Av løyvinga på posten gjekk 108 mill. kroner til vitskapleg utstyr i 2003. Løyvinga er vidareført i 2004. I tillegg blir 34 mill. kroner av dei særskilde eittårige midlane i 2004 nytta til vitskapleg utstyr ved forskingsinstitutta. Ein stor del av løyvingane til vitskapleg utstyr i 2003 og 2004 er knytt til ein mellombels auke i forskingsløyvingane pga. omlegginga av fordelinga av overskottet frå Norsk Tipping A/S.
Meir enn 50 utstyrsprosjekt i universitets- og høgskolesektoren fekk løyving i 2003. Dei økonomiske rammene gav rom for at prioriteringane frå institusjonane i stor grad vart følgde opp.
Resultatmål for 2005
Løyvinga til vitskapleg utstyr gjennom utstyrsutvalet skal vere om lag 20 mill. kroner i 2005. I tillegg kjem løyvinga til «Programmet for tungrekning», 22 mill. kroner, som er overført frå kap. 281 post 01. Programmet skal dekkje behovet for tung- rekning ved Meteorologisk institutt, og tilby kostnadseffektive tenester innanfor tungrekning til norske universitet og høgskolar.
Styrking av EU-arbeidet
Resultatrapport for 2003–04
I 2003 vart 5 mill. kroner av løyvinga på posten omdisponerte til styrking av EU-arbeidet i Forskingsrådet. Regjeringa ser det som viktig å styrkje innsatsen i samband med EUs rammeprogram for forsking for å sikre god utteljing av norsk medlemskap i rammeprogrammet, jf. kap. 288 post 73. I 2004 var løyvinga 48 mill. kroner. Av dette var 30 mill. kroner særskilde eittårige midlar, jf. omtale nedanfor. I 2003 vart det særleg fokusert på å byggje opp Forskningsrådets kompetanse, mens hovudfokus i 2004 var på delfinansiering av deltaking i EU-prosjekt. Det er særleg viktig å sikre ei brei og effektiv deltaking frå norske FoU-miljø. For å auke deltakinga frå forskingsinstitutta, er det sett i verk ei ordning for delfinansiering av eigendelen når desse miljøa får tildelt prosjekt frå EU. Det har vore stor interesse for ordninga.
Regjeringa legg vekt på å sikre at norske miljø får god informasjon og rettleiing om deltaking i rammeprogrammet. Dette arbeidet har vorte enda viktigare etter at nye og til dels meir krevjande samarbeidsformer vart introduserte i det sjette rammeprogrammet. Noregs forskingsråd har det operative ansvaret for å leggje til rette for norsk deltaking i rammeprogrammet. Evalueringa av Noregs deltaking i EUs femte rammeprogram for forsking, som vart lagd fram våren 2004, karakteriserer det norske rettleiings- og informasjonsapparatet som serviceorientert og effektivt. Samstundes tilrår evalueringa større merksemd og fleire tiltak knytte til to område:
Det er behov for ei nærmare kopling mellom nasjonale FoU- og innovasjonsprogram og deltakinga i EUs rammeprogram.
Det norske rettleiings- og informasjonsapparatet bør ha ei meir aktiv og støttande rolle vis à vis organisasjonar og verksemder som har føresetnader for å delta i EUs rammeprogram.
Resultatmål for 2005
Forskingsrådet skal i 2005 føre vidare arbeidet med å styrkje norsk deltaking i rammeprogrammet og utviklinga av det europeiske forskingsområdet (ERA). Forskingsrådet skal opne utvalde program for internasjonal deltaking, og vurdere korleis ein kan oppnå ei nærmare kopling mellom nasjonale program og rammeprogrammet.
Det er viktig å sikre ei brei og god deltaking frå alle relevante forskingsmiljø i rammeprogrammet. Evalueringa peiker på at det er naudsynt å styrkje finansieringa av instituttsektoren for å sikre god deltaking frå denne sektoren. Ordninga med delfinansiering av eigendelen når institutta får tildelt prosjekt frå EU, skal derfor førast vidare. Institutta høyrer under sektoransvaret til fleire departement. For 2005 foreslår Regjeringa ein auke på til saman 50 mill. kroner til denne ordninga over budsjetta til Nærings- og handelsdepartementet, Olje- og energidepartementet, Miljøverndepartementet, Landbruks- og matdepartementet, Fiskeri- og kystdepartementet og Samferdsledepartementet. Forskingsrådet skal forvalte desse midlane som ei felles ordning saman med løyvinga til samfinansiering over denne posten.
For at Noreg skal få best mogleg nytte av deltakinga i programmet, er det òg naudsynt å ha nasjonale ekspertar i Europa-kommisjonen. Desse kan ta hand om norske synspunkt i aktuelle saker og samstundes medverke til å auke kunnskapen om rammeprogrammet her heime. Forskingsrådet skal medverke til å rekruttere fleire norske ekspertar.
For å sikre eit godt samarbeid og ein nær dialog med relevante aktørar i Brussel, har departementet vedteke å etablere eit norsk EU-kontor for forsking i Brussel, jf. nærmare omtale i kategoriinnleiinga. Rettleiingsapparatet bør vurderast med sikte på ein meir fleksibel bruk av ressursar på nasjonalt prioriterte område, og i forhold til aktørar med særskilde behov. Informasjon om søknadsprosess, immaterielle rettar og partnarsøk retta mot små og mellomstore verksemder bør styrkjast. Det gjeld òg forprosjektstøtte til verksemder.
Noreg deltek i det førebuande arbeidet i samband med EU si satsing på tryggleiksforsking. Kontingenten for deltakinga i 2005 vil vere på om lag 2 mill. kroner. Forskingsrådet skal følgje opp dette initiativet og finansiere den norske kontingenten i 2005.
Løyvinga til EU-arbeidet i Forskingsrådet skal i 2005 vere 48 mill. kroner. I tillegg er 50 mill. kroner øyremerkte til samfinansiering av EU-prosjekt over budsjetta til andre departement, jf. omtale ovanfor.
Yngre framifrå forskarar
Resultat frå fleire fagevalueringar syner at kvaliteten på norsk forsking treng eit løft, og at det m.a. er behov for betre forskingsleiing. Som eit ledd i arbeidet for å auke kvaliteten, vart det i 2003 sett i gang ei ny ordning – yngre framifrå forskarar (YFF). Ordninga skal gi yngre, særskilt talentfulle forskarar på alle fagområde ekstra gode rammevilkår for at dei skal kunne nå internasjonal toppklasse og utvikle seg til gode framtidige forskingsleiarar. Etter vurdering av utanlandsk fagekspertise har Noregs forskingsråd peikt ut 26 forskarar frå ulike fagområde som får ei støtte på inntil 2 mill. kroner per år i inntil fem år. Løyvinga til yngre framifrå forskarar er på 20 mill. kroner i 2004 og skal førast vidare på same nivå i 2005.
Kommersialisering av forsking
Auka kommersialisering av forskingsresultat og oppfinningar frå universitet og høgskolar er eit prioritert mål for Regjeringa. Med endringane i universitets- og høgskolelova, jf. Innst. O. nr. 58 (2001–2002) og Ot.prp. nr. 40 (2001–2002), og arbeidstakaroppfinningslova, jf. Innst. O. nr. 6 (2002–2003) og Ot.prp. nr. 67 (2001–2002), har universitet og høgskolar fått auka ansvar for kommersialisering av oppfinningar frå tilsette ved institusjonane. Til arbeidet med denne oppgåva vart det løyvd 6 mill. kroner til FORNY-programmet over denne posten i 2003. I 2004 er løyvinga 11,5 mill. kroner. I tillegg vart det løyvd 11,5 mill. kroner til kommersialisering av forskingsresultat over kategori 07.60, m.a. til oppbygging av teknologioverføringskontor. 6 mill. kroner av desse midlane gjekk til FORNY. Løyvinga til kommersialisering av forsking over denne posten skal vere om lag 8 mill. kroner i 2005.
Rekruttering av forskarar innanfor fiskeri-, havbruks- og landbrukssektorane
Av løyvinga på posten gjekk 21 mill. kroner til rekruttering av forskarar innanfor fiskeri-, havbruks- og landbrukssektoren i 2003. I 2004 er løyvinga 22 mill. kroner.
I 2003 finansierte departementet om lag 43 stipendiatårsverk på desse innsatsområda. Av desse var 24 årsverk retta mot fiskeri- og havbrukssektoren og 19 retta mot landbrukssektoren. Delen kvinner har vore over 50 pst. sidan 2000. Løyvinga til rådvelde for rekruttering av forskarar innanfor fiskeri-, havbruks- og landbrukssektoren skal vere om lag 15 mill. kroner i 2005.
Strategiske fellesfunksjonar og informasjon
Dei strategiske fellesfunksjonane til Forskingsrådet omfattar m.a. forskingspolitisk rådgiving, koordinering av budsjettarbeid og rapportering, arbeid for å styrkje norsk deltaking i internasjonalt forskingssamarbeid og arbeid med å styrkje den rolla Forskingsrådet har som møteplass for aktørane i forskingssystemet.
Resultatrapport for 2003–04
Av løyvinga på posten gjekk vel 49 mill. kroner til strategiske fellesfunksjonar og informasjon i 2003. I 2004 vart løyvinga auka til 67 mill. kroner, m.a. for å styrkje bilateralt internasjonalt samarbeid og betre utnyttinga av norsk deltaking i internasjonale grunnforskingsorganisasjonar og -program.
«Det norske forsknings- og innovasjonssystemet – statistikk og indikatorer 2003» vart publisert i 2004. Forskingsrådet har òg teke initiativ til å få fram årlege statistikkar for forsking i næringslivet.
Ein rapport om postdoktorordninga, utførd av Norsk institutt for studiar av forsking og utdanning (NIFU) på oppdrag frå Forskingsrådet, vart lagd fram i 2003. Tilrådinga frå Forskingsrådet om å opprette ein komité for integrering av likestilling i forsking, er følgt opp. Arbeidet med prosjektet for teknologiframsyn (CREATE) som starta i 2002, er ført vidare, m.a. gjennom bruk av teknologiframsyn i planlegging av større program. I 2003 arrangerte Forskingsrådet eit seminar om teknologiframsyn i samarbeid med Teknologirådet.
I 2003 har Forskingsrådet gjennomført og stått sentralt i fleire store fagevalueringar og evalueringar av instituttsektoren.
Forskingsrådet har forvaltningsansvar for KILDEN (Informasjons- og dokumentasjonssenter for kvinne- og kjønnsforsking i Noreg), Teknologirådet og dei tre nasjonale forskingsetiske komiteane for medisin, naturvitskap og samfunnsvitskap og humaniora (NEM, NENT og NESH). Forskingsrådet vil setje i verk ei heilskapleg vurdering av verksemda i KILDEN og i dei forskingsetiske komiteane.
Departementet har bedt Forskingsrådet halde fram med utvikling av formidlingstiltak retta mot allmenta. Formidlinga skjer m.a. gjennom bladet «Forskning», den engelske utgåva «Tell’us» og nettstaden «forskning.no». Nettstaden hadde i gjennomsnitt 140 000 besøk kvar månad hausten 2003. Forskingsrådet deler også ut pris for framifrå forsking og ein formidlingspris.
Forskingsdagane 2003 involverte 180 arrangørar og 1 000 ulike arrangement. Aktiviteten innanfor Nysgjerrigperprosjektet har også vore høg. Ein eigen nettstad er lansert og har vorte ein viktig kanal mot brukarane. Nysgjerrigper har òg vore ein sentral bidragsytar ved ei rekkje program i TV og radio. Forskingsrådet samarbeider med stiftelsen «Ungdom og forsking» om konkurransen «Unge forskarar», der målgruppa er ungdom frå 14 til 20 år.
Resultatmål for 2005
Løyvinga til strategiske fellesfunksjonar og informasjon skal vere om lag 77,5 mill. kroner i 2005. Aktivitetane skal halde fram på same nivå som i 2004. Forskingsrådet skal fremme internasjonalt forskingssamarbeid og forskarmobilitet. Forskingsrådet skal arbeide for vidare utvikling av det bilaterale samarbeidet Noreg har med ei rekkje land. Forskingsrådet skal særleg følgje opp dei forslaga som ligg i den nye strategien for auka forskings- og teknologisamarbeid med Nord-Amerika, jf. nærmare omtale i kategoriinnleiinga. Strategien har som mål å auke FoU-samarbeidet med USA og Canada. Løyvinga til dette arbeidet skal vere på minst 10 mill. kroner. Minst 1 mill. kroner skal nyttast til samarbeid mellom Russland og Noreg om polarforsking utført på Svalbard. Løyvinga må sjåast i samanheng med ein plan for vitskapleg samarbeid på Svalbard som skal leggjast fram i 2005.
Komiteen for integrering av likestilling i forsking skal følgjast opp, og arbeidet med formidling av forsking overfor allmenta skal førast vidare.
Særskilde eittårige midlar
Det var ein mellombels auke i løyvingane til forsking over kap. 285 post 52 på 140,5 mill. kroner i 2004. Dette hang saman med omlegginga av fordelinga av tippemidlar. Løyvinga er i hovudsak nytta til eittårige tiltak, og midlane er kanaliserte gjennom Noregs forskingsråd. Det har vore satsa på tiltak som gir auka internasjonalisering, betre infrastruktur og langsiktig forsking på tvers av sektorane.
Innsatsen i samband med EUs rammeprogram for forsking vart styrkt med 30 mill. kroner. Særleg vekt vart lagd på nasjonal samfinansiering av EU-prosjekt, jf. omtale ovanfor.
Etableringa av eit nasjonalt PET-senter vart delfinansiert med 43 mill. kroner. PET (positronemisjonstomografi) blir nytta til forsking og diagnostikk innanfor onkologi (læra om kreft), nevrologi, kardiologi og psykiatri. Senteret er forankra organisatorisk i Helse Sør RHF i samarbeid med Universitetet i Oslo. Dette er nasjonal infrastruktur som alle universiteta og dei regionale helseføretaka skal kunne dra nytte av.
Til vitskapleg utstyr ved forskingsinstitutta, særleg innanfor nanoteknologi, vart det løyvd 34 mill. kroner.
10 mill. kroner vart løyvd til bygging av eit marinlaboratorium ved Kings Bay AS i Ny-Ålesund. Løyvinga vart også nytta til å finansiere norsk deltaking i internasjonale prosjekt for kartlegging av genoma til storfe og torsk, og til utvikling av det databaserte styringsverktøyet «Laboratory Information Management System» (LIMS) ved Nasjonalt institutt for ernærings- og sjømatforsking (NIFES).
Av løyvinga vart 4 mill. kroner nytta til å dekkje utgifter i samband med den første utdelinga av Ludvig Holbergs forskingspris for framifrå forsking innanfor humaniora og samfunnsvitskap. Frå 2005 vil alle utgiftene til Holberg-prisen bli dekte av avkastninga frå Holberg-fondet. Sjå kap. 287 post 56 for meir omtale.
Budsjettforslag for 2005
311,1 mill. kroner i inntekter frå Norsk Tipping er trekte ut av løyvingane til forskingsformål. Dette er i samsvar med føresetnadene ved omlegginga av fordelinga av tippemidlar, jf. Innst. O. nr. 44 (2001–2002). 275,2 mill. kroner er trekte ut av løyvinga på denne posten og 35,9 mill. kroner er trekte ut av kap. 920 post 50 på budsjettet til Nærings- og handelsdepartementet. Til saman 27 mill. kroner er førte tilbake frå kap. 278 post 50 og kap. 279 post 50. I alt er 910 mill. kroner av løyvinga på kap. 285 post 52 finansierte gjennom avkastninga frå Fondet for forsking og nyskaping, jf. kap. 3286 post 80.
Budsjettforslaget for 2005 viser ein nedgang på om lag 20 pst. i forhold til 2004, korrigert for tekniske endringar. Reduksjonen skriv seg i hovudsak frå at særskilde eittårige midlar er trekte ut. I tillegg til løyvingane over post 52 blir tilsegnsfullmakta ført vidare på same nivå som i 2004, dvs. 37,5 mill. kroner, jf. forslag til vedtak III nr. 1.
Post 55 Administrasjon
Resultatrapport for 2003–04
Administrasjon av Noregs forskingsråd blir finansiert av Utdannings- og forskingsdepartementet på vegner av alle departementa. Ved årsskiftet 2003–04 var 314,5 årsverk knytte til administrasjonen.
Noregs forskingsråd har i 2003 vorte omorganisert. Den nye organisasjonsstrukturen var på plass hausten 2003, jf. omtale i kategoriinnleiinga.
Sommaren 2003 vart det nedsett eit eksternt utval som skulle gi råd om korleis Forskingsrådet kunne sikre habilitet, fagleg kvalitet og effektivitet i sakshandsaminga. Utvalet la fram ein rapport i februar 2004. Hovudstyret i Forskingsrådet har starta arbeidet for å følgje opp tilrådingane i rapporten, jf. omtale i kategoriinnleiinga.
Forskingsrådet arbeidar for å opprette eit elektronisk mottaks- og handsamingssystem for søknader. I 2003 vart det etablert ein ny nettportal med utlysing av forskingsmidlar og elektronisk mottak av søknader. For søknader som kom inn i juni 2004, vart systemet nytta til m.a. mottak, intern systematisering og vidaresending til ekspertar for vurdering.
Forskingsrådet arbeider med å byggje ned eller avvikle rolla si som eigedomsforvaltar.
Resultatmål for 2005
Den administrative verksemda skal omfatte oppgåver for alle departementa, og inkludere forvaltning og fordeling av heile budsjettet til Forskingsrådet. I 2005 skal administrasjonen særleg arbeide med oppfølging av prosjektet «Internettbasert FoU-administrasjon» (IFA) og utvikle vidare den nye organisasjonen som tredde i kraft i september 2003.
Budsjettforslag for 2005
Løyvinga til administrasjon av Noregs forskingsråd blir ført vidare på same nivå som i 2004.
Kap. 286 Fondet for forsking og nyskaping (jf. kap. 3286)
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2003 | Saldert budsjett 2004 | Forslag 2005 |
50 | Overføring til Noregs forskingsråd | 528 398 | 606 205 | 634 760 |
90 | Fondskapital | 4 800 000 | ||
95 | Fondskapital | 3 200 000 | ||
Sum kap. 286 | 5 328 398 | 606 205 | 3 834 760 |
Fondet for forsking og nyskaping vart oppretta 1. juli 1999 og har frå juli 2004 ein fondskapital på 32,8 mrd. kroner. Fondet har dei siste åra vorte eit viktig instrument for å styrkje løyvingane til norsk forsking. Fondet har m.a. gjort det mogleg å få til nye store satsingar for å fremme kvaliteten i forskinga, jf. omtalen under post 50. Fondet skal medverke til å oppfylle dei overordna forskingspolitiske måla, ved å finansiere langsiktig, grunnleggjande forsking og forsking på tvers av sektorane.
Post 50 Overføring til Noregs forskingsråd
Resultatrapport for 2003–04
Noregs forskingsråd er ansvarleg for fordelinga av den delen av avkastninga frå Fondet for forsking og nyskaping som blir løyvd over kap. 286. Avkastninga utgjorde om lag 529 mill. kroner i 2003 og 606 mill. kroner i 2004. I perioden 2002–04 er midlane fordelte på prioriterte område som vist i tabellen under:
Midlar frå Fondet for forsking og nyskaping. Fordeling etter prioriterte område
(i 1000 kr) | |||
---|---|---|---|
Tema1 | 2002 | 2003 | 2004 |
Senter for framifrå forsking | 70 000 | 140 000 | 146 000 |
FUGE | 100 000 | 106 300 | 126 707 |
Marin forsking | 48 500 | 74 800 | 96 470 |
Medisinsk og helsefagleg forsking | 24 500 | 41 500 | 44 644 |
Forsking i skjeringsfeltet mellom energi og miljø | 17 500 | 35 400 | 56 684 |
Informasjons- og kommunikasjonsteknologi (IKT) | 13 000 | 25 621 | 29 161 |
Anna langsiktig, grunnleggjande forsking | 37 000 | 35 300 | 63 539 |
Kompetansefelt for næringsutvikling | 20 000 | 40 000 | 43 000 |
Administrasjon2 | 19 962 | 29 900 | |
Sum | 350 462 | 528 821 | 606 205 |
1 Kategoriane i tabellen overlappar kvarandre delvis. Til dømes vil store delar av FUGE-satsinga vere knytte til medisinsk og marin forsking. Sentra for framifrå forsking vil også i fleire tilfelle gjelde forsking innanfor dei tematiske satsingsområda.
2 Frå og med 2004 er midlar til administrasjon lagde inn i løyvingane til dei ulike satsingane og ikkje synleggjort som ein eigen del.
Kvalitet er det fremste kriteriet for tildeling av midlar frå Forskingsfondet. Forskarutdanning og internasjonalisering er òg sentrale element i satsingane. 117 doktorgradsstillingar og 59 postdoktorstillingar vart finansierte med midlar frå fondet i 2003. Det er ein auke på om lag 39 pst. for doktorgradsstillingar og 50 pst. for postdoktorgradsstillingar i høve til 2002.
Særleg viktig for auka kvalitet i forskingsmiljøa var etableringa av 13 senter for framifrå forsking i 2002–03. 2003 var prega av at sentra har vore i ein oppbyggingsfase. Det var likevel stor publiseringsverksemd, også i internasjonalt leiande tidsskrift. Utanlandske forskarar utførde om lag 30 pst. av årsverka. Løyvingane til desse sentra gjennom Forskingsrådet utgjer ein tredel av dei samla løyvingane. Sentra får òg midlar frå vertsinstitusjonane og samarbeidspartnarar. Nærmare omtale av dei 13 sentra finst på heimesidene til Forskingsrådet.
Noreg skal vere på høgd med den internasjonale utviklinga innanfor funksjonell genomforsking. FUGE-programmet er det viktigaste verkemidlet for å nå målet. Satsinga er basert på ein plan utarbeidd i samarbeid mellom dei sentrale norske forskingsmiljøa på dette feltet. Sjå òg omtale under kap. 285 post 52.
Dei viktigaste satsingane innanfor marin forsking gjeld bioinformatikk, forsking på marine oppdrettsartar og bioprospektering. Det siste er eit lovande verktøy for å finne nye, naturlege substansar som m.a. kan nyttast til framtidige legemiddel.
Innanfor medisin og helse er det eit særleg fokus på å styrkje kvaliteten på forskinga og forsking på grunnleggjande sjukdomsmekanismar. Dette er forsking som i stor grad er basert på tverrfagleg samarbeid.
Midlane til forsking i skjeringsfeltet mellom energi og miljø gjekk m.a. til forsking på fornybar energi og energimarknader, industriell økologi i energikrevjande industri og effektar av miljøtiltak.
Fondsmidlane til IKT-forsking har i 2003 m.a. gått til utvikling av norsk språkteknologi og bioinformatikk. Satsinga på språkteknologi har i 2003 vore særleg retta mot samisk språk og oppretting av ein norsk språkbank.
Kategorien «Anna langsiktig, grunnleggjande forsking» gjeld m.a. tverrfagleg forsking innanfor fagområda materialteknologi, polarforsking knytt til klima samt globalisering og internasjonalisering. Materialteknologi generelt og nanoteknologi spesielt står i dag fram som strategisk viktige naturvitskaplege forskingsområde med stort industrielt potensial.
Løyvinga til «Næringsretta kompetansefelt» gjeld nasjonale kompetansemiljø som er særleg relevante for framtidig næringsutvikling. Forskingsrådet har sett i gang ni større kompetanseprosjekt innanfor område som t.d. karbonmateriale, torskeyngel, smarthusteknologi og marin molekylærbiologi.
Resultatmål for 2005
Avkastninga frå Fondet for forsking og nyskaping skal nyttast til langsiktig, grunnleggjande forsking generelt og innanfor dei fire tematiske satsingsområda. Kvalitet skal vere det fremste kriteriet for tildeling av midlar frå fondet. Ordninga med senter for framifrå forsking og FUGE-satsinga skal framleis finansierast av fondsmidlar. I tillegg foreslår departementet å løyve 49 mill. kroner til FUGE over kap. 285 post 52. 28 mill. kroner av avkastninga skal nyttast til langsiktig, grunnleggjande forsking retta mot petroleumssektoren. Av dette er om lag 23 mill. kroner avkastning frå kapitalauken frå 1. juli 2004, jf. Innst. S. nr. 250 (2003–2004).
Budsjettforslag for 2005
Løyvinga over kap. 286 post 50 aukar med om lag 28 mill. kroner i høve til saldert budsjett for 2004. Auken kjem som følgje av auka avkastning frå Fondet for forsking og nyskaping på grunn av kapitalauke i 2003 og 2004, jf. kap. 3286.
Post 95 Fondskapital
Kapitalen i Fondet for forsking og nyskaping er plassert som kontolån til staten med ei rente som tilsvarar renta på statsobligasjonar med ti års bindingstid.
Fondet vart styrkt med 4,8 mrd. kroner i 2003, jf. B.innst. S. nr. 6 (2002–2003) og Innst. S. nr. 260 (2002–2003). Vidare vart fondet styrkt med 1 mrd. kroner i samband med revidert nasjonalbudsjett for 2004, jf. Innst. S. nr. 250 (2003–2004) og St.prp. nr. 63 (2003–2004).
Regjeringa foreslår å auke kapitalen i Forskingsfondet med 3,2 mrd. kroner frå 1. januar 2005. Samla kapital i fondet blir då 36 mrd. kroner.
Kap. 3286 Fondet for forsking og nyskaping (jf. kap. 286)
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2003 | Saldert budsjett 2004 | Forslag 2005 |
80 | Avkastning | 1 251 317 | 1 917 884 | 1 982 339 |
Sum kap. 3286 | 1 251 317 | 1 917 884 | 1 982 339 |
Kapittelet gjeld avkastning frå Fondet for forsking og nyskaping, jf. kap. 286.
Avkastninga frå Forskingsfondet vil i 2005 bli fordelt med 401,7 mill. kroner i direkte forskingsløyvingar til universitet og høgskolar over kategori 07.60, 634,8 mill. kroner til Noregs forskingsråd over kap. 286 post 50, 910 mill. kroner til Forskingsrådet over kap. 285 post 52 og 35,9 mill. kroner over kap. 920 post 50 på budsjettet til Nærings- og handelsdepartementet. Til saman 910 mill. kroner i avkastning er kompensasjon for tapte tippeinntekter til forsking. Sjå St.prp. nr. 1 (2002–2003) for ein omtale av endringa i fordelinga av spilleoverskottet frå Norsk Tipping A/S.
Kap. 287 Forskingsinstitutt og andre tiltak (jf. kap. 3287)
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2003 | Saldert budsjett 2004 | Forslag 2005 |
21 | Særskilde driftsutgifter | 3 112 | 3 429 | 4 508 |
50 | NOVA | 21 686 | 22 467 | 23 215 |
52 | Norsk Utanrikspolitisk Institutt | 15 513 | 16 106 | 16 643 |
54 | Forskingsstiftelsar | 43 516 | 45 083 | 46 584 |
56 | Ludvig Holbergs forskingspris | 4 562 | 9 100 | |
71 | Tilskott til andre private institusjonar | 18 423 | 24 086 | 18 565 |
72 | Til disposisjon for departementet | 2 312 | 2 395 | 1 476 |
73 | Niels Henrik Abels matematikkpris | 12 366 | 12 400 | 12 400 |
91 | Ludvig Holbergs minnefond | 200 000 | ||
Sum kap. 0287 | 316 928 | 130 528 | 132 491 |
I høve til budsjettet for 2004 er det gjort ei teknisk endring: kr 528 000, som er lønnsmidlar knytte til oppgåver som ligg i departementet, er overførte frå kap. 287 post 21 til kap. 200 post 01.
Post 21 Særskilde driftsutgifter
Løyvinga skal nyttast til å dekkje utgifter til utgreiingar o.a. som vil medverke til å betre kunnskapsgrunnlaget for forskingspolitikken. I 2003 er løyvinga m.a. nytta til å finansiere Statskonsults utgreiing av alternative organisasjonsmodellar for Meteorologisk institutt. Midlar frå posten har i 2003 og 2004 vore nytta til å styrkje to strategiske instituttprogram: eitt ved Norsk institutt for studiar av forsking og utdanning (NIFU) om internasjonalisering av forsking og høgre utdanning og eitt ved SINTEF-STEP Senter for innovasjonsforsking om politikk for kunnskapssamfunnet. Departementet har i 2003 og 2004 òg nytta midlar frå posten til å finansiere eit prosjekt om sektorprinsippet i norsk forskingspolitikk. Prosjektet blir avslutta i 2004. Midlar frå posten finansierer i 2004 utgreiingar o.a. knytte til arbeidet med den kommande stortingsmeldinga om forsking. For 2005 foreslår departementet å styrkje løyvinga med om lag 1 mill. kroner m.a. i samband med oppfølging av den nye stortingsmeldinga om forsking.
Post 50 NOVA
Forskinga og utviklingsarbeidet ved Norsk institutt for forsking om oppvekst, velferd og aldring (NOVA) skal føre til auka kunnskap om sosiale tilhøve og endringsprosessar. Instituttet skal fokusere på problemstillingar om livsløp, levekår og livskvalitet samt tenester og tiltak i velferdssamfunnet.
NOVA har eit særleg ansvar for å utføre forsking om sosiale problem, offentlege tenester og overføringsordningar. Instituttet skal forske på familien, barn og unge og oppvekstvilkåra deira. NOVA skal vidare drive forsking og utviklingsarbeid med særleg vekt på utsette grupper, og på ulike område knytte til barnevern, samt utvikle vidare den gerontologiske forskinga. Forskinga er organisert i sju forskargrupper og i strategiske instituttprogram. Instituttet legg stor vekt på å få i stand fagleg samarbeid på tvers av forskingsgruppene.
Resultatrapport for 2003–04
NOVA hadde i 2003 tre strategiske instituttprogram som alle vart avslutta ved utgangen av 2003 og evaluerte i 2004. Kvart av dei har vart i fem år. Instituttet følgjer opp tilrådingane og konklusjonane i evalueringa. Instituttet har i 2004 utarbeidd ein plan for auka internasjonalisering i perioden 2005–07. Planen skal medverke til at instituttet får betra kompetansen blant dei tilsette og får auka deltaking i internasjonale prosjekt.
Forskarane ved NOVA utførde om lag 72 årsverk i 2003. Det er ein liten auke i høve til 2003. Kvinner stod for 40 av forskarårsverka. Tre av forskarane ved NOVA oppnådde doktorgraden i 2003. I alt har NOVA 33 tilsette i hovudstilling med doktorgrad, 19 kvinner og 14 menn. Den vitskaplege publiseringa ved instituttet har auka noko i 2003 samanlikna med 2002. I samarbeid med forlag gir NOVA ut to tidsskrift. Basisløyvinga over kap. 287 stod for 33 pst. av dei samla inntektene til NOVA. Det er om lag same nivå som i 2002.
Resultatmål for 2005
NOVA skal utvikle posisjonen sin som eit leiande forskingsinstitutt innanfor dei faglege kjerneområda sine. Instituttet skal særleg arbeide for å styrkje det internasjonale samarbeidet og auke den internasjonale finansieringa.
Budsjettforslag for 2005
Løyvinga for 2005 blir ført vidare på same nivå som i 2004.
Post 52 Norsk Utanrikspolitisk Institutt (NUPI)
NUPI har som formål å medverke til auka innsikt i mellomfolkelege spørsmål ved å drive forsking og ved å spreie informasjon om internasjonale tilhøve. Instituttet skal formidle forskingsresultat og forskingsbasert utviklingsarbeid både til særskilde brukargrupper og til allmenta.
Resultatrapport for 2003–04
Forskinga ved NUPI omhandlar konflikt- og samarbeidsmønster i internasjonal politikk, samt norsk utanrikspolitikk og norske verksemder i utlandet.
NUPI vart omorganisert i 2002, og er no delt i tre avdelingar. Innanfor avdelinga for internasjonal politikk er det ulike temagrupper som m.a. arbeider med spørsmål om internasjonal tryggleik, krisehandtering samt terrorisme og internasjonal kriminalitet. Dei andre avdelingane og forskingseiningane er førte vidare.
Informasjonsverksemda ved NUPI spelar ei viktig rolle i det offentlege ordskiftet om internasjonal politikk, både gjennom nyheitsmedium, seminar og publikasjonar på eige forlag. Instituttet gir ut tre tidsskrift og artikkelserien «Hvor hender det?», som i hovudsak er mynta på skolen.
Forskarane ved NUPI utførde 39 årsverk i 2003, om lag det same som i 2002. Kvinner stod for drygt sju av årsverka. To forskarar tok doktorgraden i 2003 mot ein i 2002. NUPI har 19 tilsette i hovudstilling med doktorgrad. Samanlikna med andre samfunnsvitskaplege forskingsinstitutt har NUPI få kvinnelege forskarar. Instituttet har sett i gang fleire tiltak m.a. for å styrkje rekrutteringa av kvinnelege forskarar og forskarrekruttar. Basisløyvinga over kap. 287 utgjorde 36 pst. av dei samla inntektene til instituttet, og dette er om lag like mykje som året før.
Resultatmål for 2005
NUPI skal vere eit leiande forskingsinstitutt innanfor dei faglege kjerneområda sine. Instituttet skal særleg styrkje finansieringa frå internasjonale finansieringskjelder. NUPI har få kvinnelege forskarar, og arbeidet for å rekruttere fleire kvinner til forskarstillingar skal halde fram.
Budsjettforslag for 2005
Løyvinga for 2005 blir ført vidare på same nivå som i 2004.
Post 54 Forskingsstiftelsar
Løyvinga på posten blir stilt til rådvelde for Noregs forskingsråd. Forskingsrådet har eit strategisk ansvar for instituttsektoren og har derfor fått ansvaret for å tildele desse løyvingane. Basisløyvingane skal nyttast til oppbygging av langsiktig kompetanse på særskilde område. Dei skal ikkje nyttast til å subsidiere oppdragsforsking. Arbeidet med den årlege tildelinga av basisløyvingar gjer Forskingsrådet i stand til å følgje utviklinga i sektoren. Forskingsrådet arbeider for å fremme kvalitet i forskinga ved institutta, betre samarbeidsrelasjonar og fremme ei formålstenleg arbeidsdeling i sektoren. Arbeidet skjer gjennom kontakt med instituttleiarane, dialogmøte med institutta, systematiske instituttevalueringar, årleg rapportering frå institutta og tildelingar av strategiske instituttprogram.
Resultatrapport for 2003–04
Posten finansierte i 2003 basisløyvingane til følgjande seks frittståande forskingsinstitutt: Institutt for fredsforsking (PRIO), Fridtjof Nansens Institutt (FNI), Institutt for samfunnsforsking (ISF), Forskingsstiftelsen Fafo, Norsk institutt for studiar av forsking og utdanning (NIFU) og SINTEF-STEP Senter for innovasjonsforsking.
Forskingsrådet har ved tildelinga av basisløyvingar i 2003 og 2004 lagt til grunn ei viss utjamning av støttenivået mellom institutta i sektoren.
PRIO og FNI er utanrikspolitiske institutt og utfører hovudsakleg forsking på følgjande område: utanriks- og tryggleikspolitikken til statane, borgarkrig, etniske og nasjonalistiske konfliktar, energi-, miljø- og klimapolitikk, polarpolitikk samt internasjonalt samarbeid på ulike saksområde. PRIO er vertskap for eitt av dei 13 sentra for framifrå forsking, Center for the Study of Civil War. Dei to institutta hadde til saman 58 forskarårsverk i 2003 mot 50 året før. Kvinner stod for 22 av årsverka. Forskingsrådet tildelte totalt 16 mill. kroner i basisløyvingar til desse institutta i 2003. Utanom basisløyvinga hadde institutta prosjektinntekter på 17,3 mill. kroner frå Forskingsrådet i 2003.
Frå 1. januar 2003 vart ansvaret for basisløyvinga til CICERO ført over frå Utdannings- og forskingsdepartementet til Miljøverndepartementet. På same måten som FNI og PRIO kan Norsk Utanrikspolitisk Institutt og CICERO søkje om midlar til strategiske instituttprogram frå denne posten.
Fafo og Institutt for samfunnsforsking (ISF) driv hovudsakleg forsking om arbeidsmarknaden, arbeidslivet, velferd og internasjonale tilhøve. Den samla basisløyvinga til desse institutta var på 16,1 mill. kroner i 2003. I tillegg kjem støtte frå Forskingsrådet til prosjekt på 19,6 mill. kroner. Institutta utførte 99 forskarårsverk i 2003. Det er ein reduksjon på eit årsverk frå året før. 49 av årsverka vart utførde av kvinner.
I samband med evalueringane av NIFU og STEP, og i samråd med institutta sjølve, får dei frå 2003 finansieringa si frå kap. 287. Frå 1. januar 2003 til 1. mai 2004 var STEP ein del av SINTEF Teknologiledelse. Frå 1. mai 2004 er STEP slått saman med NIFU til NIFU STEP. Dei to institutta hadde til saman 8,2 mill. kroner i basisløyving i 2003. Prosjektløyvingane frå Forskingsrådet var på 21,9 mill. kroner. Dei to institutta utførde 73 forskarårsverk i 2003. Kvinner stod for 32 av dei.
Resultatmål for 2005
Forskingsinstitutta skal vidareutviklast gjennom strategiske instituttprogram som byggjer opp den langsiktige fagutviklinga deira. Forskingsrådet skal vidare medverke til å styrkje den internasjonale profilen og verksemda til institutta, m.a. gjennom samarbeid innanfor EUs rammeprogram for forsking. Innanfor løyvinga til dei utanrikspolitiske institutta ønskjer departementet framleis å stimulere til strategiske satsingar. Særleg skal Forskingsrådet leggje vekt på at satsingane styrkjer samarbeidet mellom institutta.
Det samanslåtte instituttet NIFU STEP er eit sentralt nasjonalt kunnskapsmiljø for studiar og evalueringar av utdannings-, forskings- og innovasjonspolitikk. Departementet understrekar at Forskingsrådet skal arbeide for å ta vare på og vidareutvikle kompetansen til instituttet.
Budsjettforslag for 2005
Departementet foreslår at løyvinga blir ført vidare på same nivå som i 2004.
Post 56 Ludvig Holbergs forskingspris
Ludvig Holbergs forskingspris skal gi samfunnsvitskap og humaniora i vid forstand ein internasjonal vitskapleg pris der prisbeløpet vil vere på om lag same nivå som nobelprisen. Holberg-prisen skal auke merksemda kring samfunnsvitskapleg og humanistisk forsking og medverke til kvalitetsheving og internasjonalisering av forskinga på desse områda. Den første Holberg-prisen er tildelt professor Julia Kristeva. Prisen skal delast ut 3. desember 2004 i Håkonshallen i Bergen. Holberg-prisen er finansiert av avkastninga frå Ludvig Holbergs minnefond, jf. kap. 3287 post 81. Avkastninga skal i tillegg finansiere ulike arrangement i samband med prisutdelinga, ein eigen nordisk pris for yngre forskarar innanfor same fagområde, kalla «Nils Klim-prisen», og arrangement retta mot barn og unge.
Ludvig Holbergs minnefond vart oppretta 1. juli 2003 med ein kapital på 200 mill. kroner. Avkastninga frå fondet blir ført som inntekt i statsbudsjettet på kap. 3287 post 81. Løyvingane til Ludvig Holbergs forskingspris blir førde med same beløp på kap. 287 post 56. Utdannings- og forskingsdepartementet har i januar 2004 fastsett statuttar for forvaltninga av minnefondet. Den årlege avkastninga frå fondet blir disponert av Universitetet i Bergen, som vil vere ansvarleg for å peike ut prisvinnaren og dele ut prisen. Universitetet har oppretta eit eige Holberg-styre og ein fagkomité til dette formålet. Avkastninga frå Holberg-fondet i 2004 til bruk i 2005 vil vere på 9,1 mill. kroner, jf. kap. 3287 post 81.
Post 71 Tilskott til andre private institusjonar
Posten dekkjer tilskott til Senter for grunnforsking ved Det Norske Videnskaps-Akademi, Det Norske Videnskabs-Akademi i Oslo (DNVA), Det Kongelige Norske Videnskabers Selskabs Akademi i Trondheim (DKNVS Akademi), Det Kongelige Norske Videnskabers Selskabs Stiftelse (DKNVS Stiftelse), vitskaplege fond, Egede Instituttet og Christian Michelsens Institutt.
Målsetjing
Formålet med ordninga er å gi grunntilskott til bestemte forskingsinstitusjonar.
Rapport for 2003–04
Senter for grunnforsking skal vere eit felles miljø for særs dyktige norske og utanlandske forskarar og er viktig for å heve kvaliteten i grunnforskinga. Senteret fører vidare ei rekkje seminar som utgjer ein fast del av den tverrfaglege verksemda ved senteret. I rapporteringsperioden har 78 forskarar ytt skriftlege bidrag til dei seks prosjekta ved senteret. Forskarar frå 15 land og fire kontinent har hatt forskingsoppgåver knytte til senteret i denne perioden.
DNVA, DKNVS Akademi og DKNVS Stiftelse har til oppgåve å fremme norsk vitskap, m.a. ved å gi ut vitskapleg litteratur, forvalte vitskaplege fond og skape kontakt med utanlandske miljø og organisasjonar. Det har i 2003 vore stor aktivitet i form av konferansar og fagseminar. DNVA har i tillegg ansvaret for å administrere utdelinga av Abel-prisen, jf. omtale under post 73.
Tilskottet til «Vitskapelege fond» gjeld administrasjon av Nansenfondet, Det vitenskaplige forsk- ningsfond av 1919 samt Institutt for sammenlignende kulturforskning.
Tilskottet til Christian Michelsens Institutt går til menneskerettsforskinga ved instituttet. I 2003 omfatta det m.a. to strategiske instituttprogram. Eitt som fokuserer på rolla til rettsapparatet i demokratiseringsprosessar i Latin-Amerika og Afrika, og eitt som er ein studie av institusjonelle løysingar og strategiar for å handtere kulturelle, religiøse, etniske og andre ikkje-materielle skilnader i verda.
Egede Instituttet har til oppgåve å drive misjonsforsking og fremme misjonskunnskap. Instituttet gir ut «Norsk tidsskrift for misjon».
I 2003 og 2004 vart det løyvd om lag 1,1 mill. kroner til stiftelsen Vannakademiet. Vannakademiet gir støtte til forsking for å førebyggje nasjonale og internasjonale konfliktar om vatn. Midlane går til generell støtte til verksemda og til internasjonalt universitets- og forskingssamarbeid. Vannakademiet får òg løyvingar over budsjettet til Utanriksdepartementet. I 2003 fekk stiftelsen vel 6 mill. kroner til ein internasjonal konferanse om vannkonfliktar. Vidare har Vannakademiet fått støtte frå Utanriksdepartementet til å lage eit digitalt elveatlas over område med potensielle og faktiske vannkonfliktar.
I 2004 vart det løyvd 5 mill. kroner som ei eingongsløyving til å opprette eit fond under Heyerdahlinstituttet. Fondet skal fremme internasjonal samfunnsdialog og spreie kunnskap om Thor Heyerdahls liv og virke.
Budsjettforslag for 2005
Løyvinga er redusert med 23 pst. i høve til 2004. Departementet foreslår at støtta til Vannakademiet og Heyerdahlinstituttet ikkje blir vidareført i 2005. Løyvingane til dei andre institusjonane blir førte vidare på same nivå som i 2004.
Løyvingar til private vitskaplege institusjonar og tiltak
(i 1000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Institusjon | 2002 | 2003 | 2004 | 2005 |
Senter for grunnforsking | 10 618 | 13 132 | 13 605 | 14 070 |
Det Norske Videnskaps-Akademi i Oslo | 1 813 | 2 284 | 2 366 | 2 450 |
Det Kongelige Norske Videnskabers Selskab i Trondheim | 160 | 166 | 172 | 180 |
Det Kongelige Norske Videnskapers Selskabs Stiftelse | 183 | 190 | 197 | 205 |
Vitskaplege fond | 120 | 125 | 130 | 135 |
Christian Michelsens Institutt | 1 096 | 1 139 | 1 180 | 1 220 |
Egede Instituttet | 275 | 286 | 296 | 305 |
Vannakademiet | 1 060 | 1 101 | 1 140 | |
Heyerdahlinstituttet | 5 000 | |||
Sum | 15 325 | 18 423 | 24 086 | 18 565 |
Post 72 Til disposisjon for departementet
Målet med ordninga er å støtte arrangement av og deltaking i nasjonale og internasjonale forskingskonferansar, og å støtte andre forskingsrelevante tiltak, m.a. finansiering av husleige for Nordisk Forskarutdanningsakademi (NorFA).
Løyvinga på posten har i hovudsak gått til eit svensk-norsk bokprosjekt i samband med 100-årsmarkeringa av unionsoppløysinga i 1905. Løyvinga har òg finansiert husleige til NorFA og tilskott til jubileumsverket for Det Norske Videnskaps-Akademi i Oslo.
Departementet foreslår at løyvinga på posten blir redusert med 1 mill. kroner i 2005.
Post 73 Niels Henrik Abels matematikkpris
Avkastninga frå Niels Henrik Abels minnefond dekkjer ein internasjonal vitskapleg pris for framifrå matematisk forsking. Resten av avkastninga skal nyttast til ulike arrangement i samband med prisutdelinga og til aktivitetar for å auke interessa for matematikk og realfag i samfunnet, særleg blant barn og unge. Prisbeløpet er på 6 mill. kroner. Avkastninga blir disponert av Det Norske Videnskaps-Akademi.
Utdannings- og forskingsdepartementet fastsette 11. april 2002 statuttar for forvaltninga av minnefondet. Hausten 2002 oppretta Det Norske Videnskaps-Akademi eit styre og ein fagleg komité for Abel-prisen. Den andre Abel-prisen vart delt ut i Oslo 25. mai 2003. Prisen vart delt mellom dei to matematikarane sir Michael Francis Atiyah frå Storbritannia og Isadore M. Singer frå USA.
Avkastninga frå Abel-fondet i 2004 til bruk i 2005 vil vere på 12,4 mill. kroner, jf. kap. 3287 post 80.
Kap. 3287 Forskingsinstitutt og andre tiltak (jf. kap. 287)
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2003 | Saldert budsjett 2004 | Forslag 2005 |
80 | Avkastning frå Niels Henrik Abels minnefond | 12 366 | 12 400 | 12 400 |
81 | Avkastning frå Ludvig Holbergs minnefond | 4 562 | 9 100 | |
Sum kap. 3287 | 12 366 | 16 962 | 21 500 |
Kapittelet gjeld avkastning frå Niels Henrik Abels minnefond og Ludvig Holbergs minnefond, jf. kap. 287 postane 73 og 56.
Kap. 288 Internasjonale samarbeidstiltak (jf. kap. 3288)
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2003 | Saldert budsjett 2004 | Forslag 2005 |
01 | Driftsutgifter | 115 | ||
21 | Særskilde driftsutgifter | 3 894 | 3 616 | 3 585 |
72 | Internasjonale grunnforskingsorganisasjonar | 138 992 | 145 188 | 120 208 |
73 | EUs rammeprogram for forsking , kan overførast | 570 000 | 525 082 | |
75 | UNESCO | 15 596 | 17 333 | 17 922 |
Sum kap. 288 | 158 597 | 736 137 | 666 797 |
I høve til budsjettet for 2004 er det gjort ei teknisk endring: Post 21 er nedjustert med 1 mill. kroner i samband med at midlar til utdanningsattaché tilknytt Noregs hus i Paris er overført til Utanriksdepartementet.
Post 21 Særskilde driftsutgifter
Resultatrapport for 2003–04
Løyvinga har vorte nytta til ulike tiltak innanfor nordisk og internasjonalt utdanningssamarbeid. Midlane har m.a. dekt tilskott til Foreningen Norden, kontingenten til Senter for utdanningsforsking (CERI) under OECD, norsk deltaking i den årlege teikne- og stilkonkurransen «Europa i skolen» og tilskott til Noregs hus i Paris. Løyvinga har òg vore nytta til tiltak i regi av UNESCO-kommisjonen, både nasjonalt og internasjonalt. Det er gitt tilskott til eksterne tiltak som har vore relevante for UNESCO-arbeidet.
Resultatmål for 2005
Løyvinga vil som tidlegare bli nytta på utdanningsområdet innanfor nordisk og internasjonalt samarbeid. I tråd med strategien for norsk UNESCO-arbeid skal midlar nyttast til tiltak innanfor utdanning, vitskap, kultur og kommunikasjon og i samband med oppfølginga av den norske UNESCO-strategien. Ordninga med at norske kulturorganisasjonar med UNESCO-tilknytning kan få eit lite tilskot til samarbeid med internasjonale organisasjonar har vore administrativt ressurskrevande og lite målretta. Midlane, om lag kr 400 000, vil frå 2005 i staden bli stilte til disposisjon for UNESCO-kommisjonen til arbeid på kulturområdet.
Budsjettforslag for 2005
Departementet foreslår ein auke på kr 750 000 for å styrkje det internasjonale arbeidet.
Post 72 Internasjonale grunnforskingsorganisasjonar
Løyvinga skal dekkje den norske kontingenten for deltaking i:
Organisation européenne pour la recherche nucléaire (CERN)
European Molecular Biology Laboratory (EMBL)
European Molecular Biology Conference (EMBC)
International Agency for Research on Cancer (IARC)
European Synchrotron Radiation Facility (ESRF)
CERN er ein av dei største installasjonane i verda for eksperimentelle studiar innanfor kjerne- og elementærpartikkelfysikk. EMBL driv avansert forsking innanfor molekylærbiologi og bioteknologi. EMBC gir, i samråd med EMBL, støtte til program for utveksling av forskarar innanfor molekylærbiologi. IARC driv kreftforsking knytt til Verdas helseorganisasjon. ESRF er eit laboratorium for forsking der ein nyttar synkrotronstråling innanfor ei rekkje disiplinar, med vekt på materialforsking.
Noreg dekkjer mellom om lag ein halv pst. og fem pst. av budsjetta til dei internasjonale grunnforskingsorganisasjonane. Det er ei viktig oppgåve for Noregs forskingsråd å sørgje for best mogleg fagleg utbytte av medlemskapen i desse organisasjonane. Forskingsrådet gir midlar til norsk forsking i samband med medlemskapen, såkalla følgjeforsking. Desse midlane går inn i løyvingane til Forskingsrådet på kap. 285 post 52.
Målsetjing
Formålet med ordninga er å innfri dei forpliktingane Noreg har til å betale kontingent for norsk deltaking i internasjonale grunnforskingsorganisasjonar. Målet med deltakinga er at Noreg skal ta del i svært avansert og ressurskrevjande forsking og ta del i utviklinga av nye forskingsområde. Deltakinga skal styrkje kvaliteten på norsk forsking, og medverke til verdiskaping i norsk nærings- og samfunnsliv.
Rapport for 2003
Arbeidet ved CERN har i dei siste åra vore prega av bygginga av den nye partikkelakseleratoren, Large Hadron Collider (LHC). Anlegget vil gjere det mogleg for vitskapen å bringe fram grunnleggjande ny kunnskap om dei grunnpartiklane og fundamentale kreftene som formar materien og universet. Akseleratoren vil bli klar for drift i 2007, to år seinare enn etter den opphavlege planen frå 1996. I samband med LHC-prosjektet har det vore eit problem at CERNs internasjonale status ikkje er stadfesta i mange medlemsland. Dette gjer at personell og materiell som flyttar seg mellom CERN og medlemsland, blir underlagde tollbestemmingar og andre hindringar. Ein protokoll som endrar CERNs status, vart vedteken av fleire medlemsland i 2003–04. Utdannings- og forskingsdepartementet vurderer konsekvensar av norsk deltaking i samarbeid med andre departement.
Den vitskaplege verksemda som følgjer av norsk medlemskap i CERN, blir finansiert gjennom Forskingsrådet. Dei CERN-relaterte prosjekta blir årleg evaluerte av eit internasjonalt panel sett ned av Forskingsrådet. Ekspertpanelet som har vurdert prosjekta, konkluderte med at kvaliteten på dei norske gruppene generelt er høg.
Dei totale midlane til følgjeforsking om CERN-relatert verksemd var på 14 mill. kroner i 2003. I løpet av året var åtte doktorgradsstipendiatar knytte til programmet, av dei to kvinner. Det var 21 norske tilsette ved den faste staben ved hovudkvarteret i Genève i 2003. Ein norsk forskar vart tildelt CERN Fellowship, medan heile 12 teknologistudentar nytta denne ordninga i samband med diplomoppgåvene sine. Om lag 50 norske forskarar har reist til CERN for å ta del i forskingsprosjekt i løpet av året, i stor grad takk vere midlane til følgjeforsking. Det samla talet på nordmenn ved CERN er framleis lågt samanlikna med medlemskontingenten. Forskingsrådet har frå februar 2003 inngått et samarbeid med Noregs Eksportråd (nå Innovasjon Noreg) for ein toårsperiode med sikte på å auke utbyttet for norsk industri av den teknologiutviklinga som går føre seg på CERN.
EMBL er den viktigaste europeiske organisasjonen innanfor molekylærbiologi. Organisasjonen har 17 medlemsland. Noreg hadde i 2003 to stipendiatar i Heidelberg ved EMBLs doktorgradsprogram. Samarbeidet gjennom EMBL og EMBC er av stor verdi for norske forskingsmiljø innanfor livsvitskapane, og mange av forskarane som har hatt kortare eller lengre opphald ved EMBL har i dag sentrale posisjonar i norske fagmiljø. EMBL er særleg viktig for rekrutteringa til biofaga i Noreg. Eit sentralt initiativ i denne samanhengen er avtalen mellom EMBL og universiteta i Oslo og Bergen om felles doktorgradar. EMBL og Sars internasjonale senter for marin molekylærbiologi ved Universitetet i Bergen skreiv i 2003 under ein kontrakt om institusjonelt partnarskap. Partnarskapet er det første i sitt slag i Norden.
IARC, som er tilknytt Verdas helseorganisasjon (WHO), fokuserer på epidemiologisk og laboratoriebasert forsking, med vekt på studiar av det globale omfanget av kreft, årsaker til sjukdommen og førebygging. Den største nasjonale nytta av IARC ligg i det generelle bidraget organisasjonen gir til kreftforskinga. Som felles organ for alle kreftregistra har IARC eit unikt oversiktsmateriale over kreftførekomst i verda som forskarane kan nytte. Materialet er også nyttig for styresmaktene i helsepolitiske avgjerder, til dømes som grunnlag for den norske røykeloven. I Noreg er det i første rekkje Forskingsrådet, Kreftregisteret, Nasjonalt folkehelseinstitutt og Radiumhospitalet som tek del i samarbeidet. Norske miljø har vore aktive både i forskings- og styrearbeid i IARC i 2003. Det har vore samarbeid innanfor forsking på ernæring og kreft, og norske gjesteforskarar ved IARC har fokusert på kreft- og genomforsking.
Gjennom ESRF, det europeiske anlegget for synkrotronstråling, har norske forskarar god tilgang til å drive materialforsking og bioforsking som krev avansert røntgenstråling. Medlemskapen er organisert gjennom eit nordisk konsortium: NORDSYNC. ESRF var ferdig utbygd i 1999, og anlegget blir rekna for å vere det beste i sitt slag i verda. Norske forskarar er i tillegg med i eit sveitsisk-norsk samarbeid om ei eiga strålelinje (SNBL). Saman med dei andre nordiske partnarane i NORDSYNC har Noreg høg utnytting av ESRF-medlemskapen. I 2003 hadde om lag 30 norske forskarar opphald ved ESRF. I rapportperioden brukte forskarane frå NORDSYNCs medlemsland nærmare 50 pst. meir stråletid enn eigarparten tilseier. Dette syner at medlemskapen er til stor nytte for norske forskarar. For ein del av denne stråletida betalte NORDSYNC ei ekstra avgift. Dette gjer at det kan vere naudsynt å auke NORDSYNCs eigarpart i ESRF.
Budsjettforslag for 2005
Løyvingane på posten går ned med 17 pst. i høve til 2004. Reduksjonen skriv seg i hovudsak frå at kontingenten til CERN har gått ned.
Løyvingar til internasjonale grunnforskingsorganisasjonar
(i 1000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Organisasjon | 2002 | 2003 | 2004 | 2005 |
CERN | 107 014 | 109 904 | 124 894 | 100 132 |
EMBL | 6 698 | 6 843 | 7 996 | 8 264 |
IARC | 7 526 | 7 990 | 6 871 | 6 310 |
ESRF | 3 162 | 3 250 | 3 542 | 3 777 |
EMBC | 1 185 | 1 211 | 1 885 | 1 725 |
Sum | 125 585 | 129 198 | 145 188 | 120 208 |
Post 73 EUs rammeprogram for forsking, kan overførast
Gjennom EØS-avtalen kan norske forskingsmiljø og verksemder delta på lik linje med EUs medlemsland i EUs rammeprogram for forsking, teknologisk utvikling og demonstrasjonsaktivitetar. Programmet er det mest omfattande internasjonale forskingsprogrammet Noreg tek del i, og utgjer om lag 75 pst. av totale kontingentforpliktingar til program Noreg deltek i under EØS-avtalen.
EUs forskingspolitikk har to hovudformål. For det første å styrkje det vitskaplege og teknologiske grunnlaget for EUs industri og fremme utviklinga av eit meir konkurransedyktig næringsliv. For det andre skal det oppmuntre til forskingsaktivitetar som er naudsynte for alle EUs politikkområde.
Noreg ønskjer gjennom deltaking i rammeprogrammet å medverke til etableringa av eit europeisk forskingsområde.
Ansvaret for EUs rammeprogram for forsking vart overført frå Nærings- og handelsdepartementet (kap. 924 post 71) til Utdannings- og forskingsdepartementet frå 1. januar 2004.
Målsetjing
Formålet med ordninga er å innfri dei forpliktingane Noreg har til å betale kontingent for norsk deltaking i EUs rammeprogram for forsking. Målet med deltakinga er at Noreg skal sikre samarbeid og nettverk mellom norske forskingsmiljø og verksemder og sterke forskingsmiljø i Europa. Samarbeid og nettverk skal fremme internasjonalisering og kvalitet i norsk forsking og medverke til kunnskapsbasert innovasjon i norsk nærings- og samfunnsliv.
Rapport for 2003–04
Førebelse tal frå Europa-kommisjonen tyder på at norske forskingsmiljø har gjort det bra i dei første utlysingane under det sjette rammeprogrammet. Noreg deltek i om lag 370 prosjekt under rammeprogrammet. Når det gjeld suksessrate, dvs. forholdet mellom innsende søknader med norsk deltaking og godkjende søknader med norsk deltaking, ligg søknader med norsk deltaking høgast av alle deltakande land. Noreg har ein suksessrate på over 27 pst., mot snittet på om lag 17 pst. Det vil seie at det er norske deltakarar i meir enn ein fjerdedel av alle prosjekta som er sette i gang i det sjette rammeprogrammet.
I mars 2004 vart det lagt fram ei evaluering av norsk deltaking i det femte rammeprogrammet for forsking. Evalueringa retta søkjelyset mot tre problemstillingar:
Ei kartlegging av omfanget av og profilen på den norske deltakinga.
Den nasjonale organiseringa av rettleiings- og informasjonsapparatet i samband med rammeprogrammet.
Utdjupande og supplerande problemstillingar med vekt på den rolla rammeprogrammet har som forskings- og innovasjonspolitisk verkemiddel og samspel med nasjonale satsingar.
Det generelle inntrykket er at Noregs deltaking i EUs femte rammeprogram har vore rimeleg vellukka. Men evalueringa avdekte også område som har forbetringspotensial. Evalueringa tilrår m.a. at Noreg i større grad bør arbeide for eit betre samspel og større grad av koordinering mellom nasjonale FoU- og innovasjonsprogram og deltakinga i EUs rammeprogram. Ei slik samankopling vil kunne medverke til:
Økt tematisk samspel ut frå nasjonale, strategiske vurderingar og prioriteringar.
Økt samspel i finansieringa av norsk FoU og EUs finansiering av prosjekt.
Betre evne til å utnytte forskingsresultat frå dei programma der Noreg deltek.
I alt var det om lag 1 600 norske deltakingar i programmet eller nær to pst. av det totale talet på deltakingar. Det er på linje med den prosentdelen Noreg betaler i kontingent til rammeprogrammet. Norske deltakarar deltok i sju pst. av alle prosjekt i rammeprogrammet. 95 pst. av respondentane i evalueringa svara at EU-støtta var avgjerande for at prosjektet deira vart starta opp, og meir enn 80 pst. av deltakarane meinte at den internasjonale orienteringa var avgjerande for gjennomføringa av prosjekta.
Budsjettforslag for 2005
Totalbudsjettet for det sjette rammeprogrammet er 16 270 mill. euro. Den norske kontingenten er berekna til om lag 356 mill. euro, dvs. om lag 3 mrd. kroner med den eurokursen som er i dag. Kontingenten er avhengig av utviklinga av bruttonasjonalproduktet i medlemslanda og endringar i valutakurs. Kvart rammeprogram dekkjer om lag fire år, medan prosjekta strekkjer seg over ein lengre periode. Dei norske utbetalingane i 2005 vil derfor omfatte utbetalingar som står att for både det femte og det sjette rammeprogrammet. Dei norske kostnadene i 2005 vil utgjere om lag 525 mill. kroner. Nedgangen samanlikna med 2004 kjem av at kostnadene er flytta til seinare i programperioden.
Post 75 UNESCO
Målsetjing
UNESCO – særorganisasjonen i FN for utdanning, vitskap og kultur – er eit samarbeidsorgan for regjeringane i medlemslanda og ein møtestad for fagfolk innanfor dei ulike samarbeidsområda. Hovudoppgåva for UNESCO er å medverke til fred og utvikling ved å fremme internasjonalt samarbeid på fagområda til organisasjonen. Den norske UNESCO-kommisjonen er rådgivande organ for Regjeringa i UNESCO-saker og bindeledd mellom UNESCO og norske institusjonar og organisasjonar. Verksemda til Den norske UNESCO-kommisjonen er basert på programmet til UNESCO sentralt. Løyvinga skal sikre norsk deltaking i UNESCO gjennom å dekkje den norske medlemskontingenten til UNESCO for 2005. Løyvinga går òg til tilskott til World Heritage Fund, som er eit eige fond under UNESCO.
Rapport for 2004
Løyvinga har vorte nytta til å sikre norsk deltaking i UNESCO gjennom å dekkje den norske medlemskontingenten til UNESCO. Noreg er medlem i vitskapskomiteane MAB (Man and the Biosphere) og MOST (Management of Social Transformations) for perioden 2001–05.
Budsjettforslag for 2005
Departementet foreslår å føre løyvinga vidare på same nivå som for 2004.
Kap. 3288 Internasjonale samarbeidstiltak (jf. kap. 288)
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2003 | Saldert budsjett 2004 | Forslag 2005 |
01 | Inntekter frå oppdrag | 148 | ||
04 | Refusjon av ODA-godkjende utgifter | 4 589 | 4 754 | 4 916 |
Sum kap. 288 | 4 737 | 4 754 | 4 916 |
Post 01 gjeld inntekter frå oppdrag i UNESCO-kommisjonen. Post 04 gjeld refusjon av ODA-godkjende utgifter, dvs. utgifter som kan godkjennast som utviklingshjelp etter retningslinjene til OECD.
Programkategori 07.80 Utdanningsfinansiering
Utgifter under programkategori 07.80 fordelte på kapittel
(i 1 000 kr) | |||||
---|---|---|---|---|---|
Kap. | Nemning | Rekneskap 2003 | Saldert budsjett 2004 | Forslag 2005 | Pst. endr. 04/05 |
2410 | Statens lånekasse for utdanning (jf. kap. 5310) | 21 385 897 | 22 055 336 | 25 877 429 | 17,3 |
Sum kategori 07.80 | 21 385 897 | 22 055 336 | 25 877 429 | 17,3 |
Budsjettforslaget for kategori 07.80 utgjer om lag 26 mrd. kroner. Det er ein auke på om lag 4 mrd. kroner i høve til saldert budsjett 2004. Ein auke på om lag 1,8 mrd. kroner skriv seg frå tekniske endringar, sjå omtale under kap. 2410.
Inntekter under programkategori 07.80 fordelte på kapittel
(i 1 000 kr) | |||||
---|---|---|---|---|---|
Kap. | Nemning | Rekneskap 2003 | Saldert budsjett 2004 | Forslag 2005 | Pst. endr. 04/05 |
5310 | Statens lånekasse for utdanning (jf. kap. 2410) | 7 087 862 | 7 875 869 | 12 399 882 | 57,4 |
5617 | Renter frå Statens lånekasse for utdanning (jf. kap. 2410) | 5 279 741 | 3 847 700 | 3 495 200 | –9,2 |
Sum kategori 07.80 | 12 367 603 | 11 723 569 | 15 895 082 | 35,6 |
Budsjettforslaget for kategori 07.80 utgjer 15,9 mrd. kroner. Det er ein auke på 4,5 mrd. kroner i høve til saldert budsjett 2004. Ein auke på om lag 1,8 mrd. kroner skriv seg frå tekniske endringar, sjå omtale under kap. 5310.
Mål: Målretta og effektive støtteordningar for dei ulike elev- og studentgruppene
Utdanningsfinansieringa skal medverke til at alle skal ha like høve til å ta utdanning, uavhengig av sosiale eller økonomiske tilhøve, alder, kjønn eller bustad.
Noreg har ei god utdanningsfinansiering samanlikna med andre europeiske land. Undersøkingar viser likevel at det er skeiv rekruttering til høgre utdanning. Ungdom som har foreldre med høgre utdanning, vel oftare høgre utdanning sjølve. Ei god utdanningsfinansiering skal medverke til å rette opp den skeive rekrutteringa til høgre utdanning, samstundes som dette verkemiddelet åleine ikkje kan rette opp alle skilnader.
Statens lånekasse for utdanning administrerer stipend- og låneordningane som er oppretta med heimel i lov 26. april 1985 nr. 21 om utdanningsstøtte til elevar og studentar. Lånekassen har over 700 000 kundar, av desse er om lag 465 000 tilbakebetalarar. I undervisningsåret 2003–04 var talet på elevar og studentar i utdanning med støtterett i Lånekassen 404 000. Av desse fekk om lag 255 000 støtte frå Lånekassen. Den samla tildelinga av utdanningsstøtte var i undervisningsåret 2003–04 på 16 122 mill. kroner. Av dette vart 6 376 mill. kroner betalte ut som stipend og 9 746 mill. kroner som lån.
I dei siste åra er finansieringsordningane for dei største elev- og studentgruppene gjennomgåtte, og det er gjennomført store endringar. Den siste støtteordninga som har vorte endra, gjeld studentar som tek høgre utdanning i utlandet. Frå undervisningsåret 2004–05 er dei faglege avgrensingane fjerna med omsyn til kva for utdanningar som gir rett til finansiering av skolepengar. Studentane skal i den nye ordninga få støtte til finansiering av skolepengar i utlandet, uavhengig av fagretning. Studentar i utlandet får i tillegg høve til å ta opp større lån til dekning av skolepengar. Ph.d.-studentane får høve til å ta opp lån til dekning av skolepengar. Tilleggsstipend kan bli gitt til studentar som tek einskilde utdanningar i utlandet ved særleg dyre lærestader av særleg høg kvalitet. Som ei oppfølging av St.prp. nr. 1 (2003–2004) er kvalitetsvurderingar kring tilleggsstipendordninga lagde til Senter for internasjonalisering av høyere utdanning (SIU) frå juni 2004.
Tal for norske studentar i utlandet med støtte gjennom Statens lånekasse for utdanning
1998–99 | 1999–2000 | 2000–01 | 2001–02 | 2002–03 | 2003–04 | |
---|---|---|---|---|---|---|
Europa | 10 012 | 10 218 | 9 574 | 9 353 | 9 465 | 10 466 |
USA/Canada | 2 120 | 1 972 | 1 848 | 1 669 | 1 453 | 1 308 |
Oseania | 1 062 | 2 055 | 3 168 | 3 854 | 4 116 | 3 886 |
Andre land | 159 | 190 | 155 | 162 | 172 | 274 |
Sum | 13 353 | 14 435 | 14 7451 | 15 0382 | 15 2063 | 15 9344 |
1 I tillegg fekk 4 673 studentar støtte til delstudium.
2 I tillegg fekk 4 700 studentar støtte til delstudium.
3 I tillegg fekk 5 425 studentar støtte til delstudium.
4 I tillegg fekk 6 328 studentar støtte til delstudium.
Kilde: Statens lånekasse for utdanning.
Frå undervisningsåret 2003–04 er det innført ny støtteordning gjennom Lånekassen for elevar i ordinær vidaregåande opplæring, jf. Stortinget si handsaming av St.meld. nr. 21 (2002–2003) Kilder til kunnskap.
Effektar av ny støtteordning for unge elevar i ordinær vidaregåande opplæring 2003–2004
2002–031 | 2003–04 | |
---|---|---|
Tal på stipendmottakarar | 62 319 | 72 389 |
Gjennomsnittsstipend | 20 716 | 26 833 |
Tal på låntakarar | 10 990 | 6 147 |
Gjennomsnittslån (kroner) | 23 979 | 12 712 |
Sum stipend (mill. kroner) | 1 291 | 1 942 |
Sum lån (mill. kroner) | 264 | 78 |
Totalt utbetalt stipend og lån (mill. kroner) | 1 555 | 2 021 |
1 Det eksisterte to ulike støtteordningar for elevar i vidaregåande opplæring til og med skoleåret 2002–03, ein for elevar under 19 år, og ein for elevar over 19 år. Den nye støtteordninga frå 2003–04 erstattar dei to ordningane. Tala frå 2002–03 gjeld begge dei to støtteordningane.
Kilde: Statens lånekasse for utdanning
Talet på låntakarar i den aktuelle elevgruppa er nesten halvert, til om lag 6 000 elevar, og gjennomsnittleg låneopptak er redusert med om lag kr 11 000. Inkludert i desse tala er ikkje-behovsprøvd lån til dekning av skolepengar for elevar ved private vidaregåande skolar. Departementet varsla i St.prp. nr. 1 (2003–2004) at ein ville arbeide for å få låne- og stipendordningane i den nye støtteordninga betre integrerte, slik at lån og stipend blir behovsprøvde etter same vilkår. På bakgrunn av det låge talet låntakarar i den aktuelle gruppa ser departementet det ikkje som tenleg å endre dei etablerte ordningane.
Det er vorte utbetalt 180 mill. kroner i læremiddelstipend i undervisningsåret 2003–2004. 54 000 elevar har fått læremiddelstipend i den nye ordninga. Av desse har 48 000 fått fullt læremiddelstipend på kr 3 500. Stortinget bad i Innst. S. nr. 242 (2002–2003) om at Regjeringa skulle vurdere løysingar for å utlikne kostnadsskilnader mellom studieretningane gjennom differensierte læremiddelstipend. Departementet ser ikkje å kunne prioritere innføring av differensierte læremiddelstipend.
Det er i dag to forsøksordningar med finansiering av vidaregåande opplæring i utlandet gjennom Lånekassen – utveksling av enkeltelevar gjennom godkjende utvekslingsorganisasjoner og utveksling av klassar. Utvekslingsordninger er ikkje berre til nytte for den einskilde elev, men ordningane er også viktige i arbeidet med å vidareutvikle kvaliteten i opplæringa i Noreg. Ved handsaminga av St.meld. nr. 30 (2003–2004) Kultur for læring vart det uttrykt ønske frå fleirtalet i kyrkje-, utdannings- og forskingskomiteen om å vurdere ei vidareutvikling av forsøksordningane, jf. Innst. S. nr. 268 (2003–2004). Departementet foreslår at dei to forsøksordningane med støtte gjennom Lånekassen blir gjorde permanente frå skoleåret 2005–06. Departementet vil utvikle kriterium for søknadsbehandling og kvalitetssikringssystem for opplæringstilboda.
Ein tek sikte på å overføre administrasjonen av støtteordninga for studentar frå utviklingsland og land i Sentral- og Aust-Europa og Sentral-Asia (kvoteordninga) frå departementet til Senter for internasjonalisering av høyere utdanning (SIU) med verknad frå 1. januar 2005. Lånekassen har framleis ansvar for forvaltninga av studiestøtta til kvotestudentane etter forskriftane til utdanningsstøtteloven. Som følgje av at åtte av dei nye EU-landa er tekne ut av kvoteordninga frå haustsemesteret 2004, jf. St.prp. nr. 1 (2003–2004), blir fordelinga mellom plassar for studentar frå utviklingsland og studentar frå land i Sentral- og Aust-Europa og Sentral-Asia endra. Talet på plassar for studentar frå utviklingsland blir auka frå 700 til 800, og talet på plassar for studentar frå land i Sentral- og Aust-Europa og Sentral-Asia blir redusert frå 400 til 300 frå undervisningsåret 2005–2006.
Regjeringa foreslår å auke årleg avskrivingsbeløp frå kr 16 500 til kr 25 000 for låntakarar som er busette innanfor tiltakssona i Finnmark eller Nord-Troms, sjå omtale under kap. 2410 post 73. Forslaget er ei oppfølging av St.meld. nr. 8 (2003–2004) Rikt mangfold i nord. Om tiltakssonen i Finnmark og Nord-Troms.
Utdanningsstøttelova er under revisjon. Utkast til ny lov er sendt på høyring og skal etter planen leggjast fram for Stortinget våren 2005.
Stortinget har i anmodningsvedtak nr. 320 (2003–2004) bedt Regjeringa om å sikre at studiefinansieringsordningane ikkje påfører studentar ekstra utgifter som er knytte til nedsett funksjonsevne. Oppmodinga i forhold til studiefinansieringsordningane vil inngå i arbeidet med forskriftene til ny lov om utdanningsstøtte.
Av omsyn til det samla budsjettopplegget blir det foreslått å avvikle reisestipendordninga for innlandsreiser og for reiser i Norden for elevar og studentar, med unntak av unge elevar i vidaregåande opplæring, frå undervisningsåret 2005–06. Av omsyn til det samla budsjettopplegget foreslår Regjeringa at støtta i Lånekassen blir ført vidare på same nominelle nivå i undervisningsåret 2005–06.
Mål: Auka brukarretting og høgre kvalitet i forvaltninga av utdanningsstøtta
Lånekassen administrerer tildeling av utdanningslån og fleire stipend, samt ulike ordningar for tilbakebetaling av studielån. Det er avgjerande at Lånekassen har organisering og teknologisk infrastruktur som sikrar god kvalitet på dei tenestene som blir tilbydde brukarane. Ved innføring av nye finansieringsordningar legg departementet vekt på forenkling og brukarretting.
Modernisering av Lånekassen har vore ei viktig sak dei siste åra. Behandlingssituasjonen i Lånekassa er krevjande på grunn av gamle IKT-system, stor saksmengd og regelverksendringar. Målsetjinga med moderniseringsarbeidet er å auke kvaliteten i forvaltninga av utdanningsstøtta. I framtida skal kundane til Lånekassen mellom anna oppleve høgre servicegrad, auka tilgang til tenestene og kortare handsamingstid. Regjeringa legg opp til at store delar av IKT-systema blir skifta ut, og at Lånekassen skal konsentrere verksemda si om kjerneoppgåvene søknadsbehandling, regelforvaltning og økonomiforvaltning knytt til utdanningsstøtteordningane.
I Innst. S. nr. 152 (2003–2004) slutta Stortinget seg til Regjeringa sitt val av «Kjernelånekassen» som moderniseringsstrategi i St.meld. nr. 12 (2003–2004) Om modernisering av Statens lånekasse for utdanning. I tråd med tilrådingane i Innst. S. nr. 152 (2003–2004) skal Statens innkrevingssentral (SI) få eit større ansvar for innkrevjing av mislegheldte studielån. Den nye arbeidsdelinga mellom verksemdene skal vere i funksjon 1. januar 2006. Sjå også omtale i St.prp. nr. 63 (2003–2004).
I tråd med måla i St.meld. nr. 12 (2003–2004) går utviklinga i retning av ein stadig meir elektronisk dialog med kundane. I 2003–04 har Lånekassen arbeidd vidare med å betre dei elektroniske tenestene. I 2003 vart det gjort 2,2 mill. oppslag på vevssidene, og dette er ein auke på 30 pst. frå året før. Eit prøveprosjekt med elektronisk signatur på gjeldsbrev vart sett i gang førre undervisningsår.
Som oppfølging av St.meld. nr. 12 (2003–2004) har departementet vurdert samansetjinga av elev- og studentrepresentasjonen i styret og klagenemnda i Lånekassen. Etter dialog med elev- og studentorganisasjonane er ein kome fram til ei ny samansetjing der ANSA er representert på linje med dei andre organisasjonane. Den nye samansetjinga gjeld frå 1. juli 2004.
Kap. 2410 Statens lånekasse for utdanning (jf. kap. 5310)
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2003 | Saldert budsjett 2004 | Forslag 2005 |
01 | Driftsutgifter | 280 328 | 275 844 | 270 644 |
45 | Større utstyrsinnkjøp og vedlikehald , kan overførast | 15 000 | ||
50 | Avsetning til utdanningsstipend , overslagsløyving | 1 621 200 | 2 741 300 | 4 166 750 |
70 | Utdanningsstipend , overslagsløyving | 5 047 125 | 3 555 600 | 2 447 760 |
71 | Andre stipend , overslagsløyving | 837 951 | 741 300 | 585 000 |
72 | Rentestønad , overslagsløyving | 1 588 507 | 1 091 700 | 953 200 |
73 | Avskrivingar , overslagsløyving | 448 605 | 460 000 | 417 000 |
74 | Tap på utlån | 455 989 | 434 000 | 433 000 |
75 | Særskilde tilretteleggingstiltak for utdanning i utlandet | 5 120 | 5 392 | 5 575 |
90 | Lån til Statens lånekasse for utdanning , overslagsløyving | 11 101 073 | 12 750 200 | 16 583 500 |
Sum kap. 2410 | 21 385 897 | 22 055 336 | 25 877 429 |
I høve til 2004 er det gjort følgjande tekniske endringar:
Post 01 er nedjustert med 15 mill. kroner mot ein tilsvarande auke av post 45.
Post 01 er nedjustert med kr 325 000 i samband med at ansvaret for oppdatering av lista over utdanninger som gir rett til tilleggsstipend er overført til Senter for internasjonalisering av høyere utdanning på kap. 281.01.
Post 90 er oppjustert med om lag 1,8 mrd. kroner i samband med omlegging frå netto- til brutto regnskapsføring på posten.
Post 01 er auka med kr 607 000 som kompensasjon for innføring av elavgift, jf. St.meld. nr. 2 (2003–2004).
Resultatrapport for undervisningsåret 2002–03
Hovudtal for støttetildelinga dei fire siste undervisningsåra
2000–01 | 2001–02 | 2002–03 | 2003–04 | |
---|---|---|---|---|
Tal på elevar/studentar i utdanning med rett til å søkje støtte | 391 200 | 388 000 | 391 000 | 404 000 |
Tal på stipendmottakarar | 209 560 | 205 481 | 232 352 | 254 893 |
Tal på støttemottakarar | 227 344 | 222 997 | 242 774 | 262 885 |
Tal på stipendsøkjarar | 251 617 | 246 847 | 264 370 | 285 564 |
Tal på lånesøkjarar | 169 106 | 165 392 | 173 888 | 180 232 |
Gjennomsnittsstipend (kroner) | 23 769 | 24 623 | 24 369 | 25 015 |
Totalt utbetalt stipend og lån (mill. kroner) | 11 823 | 11 974 | 14 985 | 16 122 |
Tal på låntakarar | 161 891 | 157 754 | 188 485 | 195 248 |
Sum stipend (mill. kroner) | 4 981 | 5 060 | 5 662 | 6 376 |
Sum lån (mill. kroner) | 6 842 | 6 914 | 9 323 | 9 746 |
Gjennomsnittslån (kroner) | 42 262 | 43 829 | 49 460 | 49 916 |
Fordeling av ulike stipendformer i undervisningsåret 2003–04 samanlikna med 2002–03
Tal på stipend | Stipend i mill. kroner | |||
---|---|---|---|---|
Stipendform | 2002–03 | 2003–04 | 2002–03 | 2003–04 |
Utdanningsstipend | 230 189 | 181 267 | 4 386 | 3 205 |
Reisestipend, innland og Norden | 59 916 | 64 585 | 140 | 137 |
Gebyrstipend | 11 871 | 11 735 | 505 | 488 |
Tilleggsstipend | 735 | 646 | 25 | 22 |
Reisestipend utanfor Norden | 18 730 | 19 312 | 121 | 116 |
Flyktningstipend | 669 | 845 | 37 | 32 |
Fødselsstipend | 2 999 | 3 389 | 165 | 182 |
Reisestipend, kvoteprogram | 833 | 806 | 4 | 4 |
Reisestipend i Noreg til utanlands- studentar | 10 418 | 8 291 | 14 | 9 |
Omgjering av lån til stipend ved sjukdom | 1 243 | 1 167 | 20 | 18 |
Språkstipend | 624 | 892 | 9 | 13 |
Forsørgarstipend | 15 481 | 17 887 | 235 | 270 |
Læremiddelstipend | 53 805 | 180 | ||
Grunnstipend | 51 883 | 662 | ||
Bostipend | 32 058 | 1 038 | ||
Totalt | 353 708 | 448 568 | 5 662 | 6 376 |
Hovudtal for tilbakebetaling av lån
1999 | 2000 | 2001 | 2002 | 2003 | |
---|---|---|---|---|---|
Talet på tilbakebetalande låntakarar | 443 500 | 455 400 | 468 968 | 464 951 | 466 745 |
Renteberande lån i mill. kroner | 44 460 | 47 229 | 50 064 | 51 193 | 53 400 |
Renter i mill. kroner | 2 765 | 2 778 | 3 035 | 3 298 | 3 200 |
Avdrag i mill. kroner | 3 666 | 3 348 | 3 559 | 4 124 | 4 100 |
Ettergitt/avskrive i mill. kroner | 402 | 439 | 434 | 444 | 439 |
Administrasjonsutgifter i mill. kroner | 216 | 233 | 243 | 263 | 270 |
Rentestønad i mill. kroner | 1 331 | 1 260 | 1 444 | 1 494 | 1 589 |
Uteståande lån i mill. kroner | 60 462 | 63 336 | 66 050 | 69 427 | 73 578 |
Uteståande renter i mill. kroner | 2 975 | 2 926 | 3 009 | 3 187 | 3 193 |
Budsjettforslag for 2005
Budsjettforslaget gjeld for budsjettåret 2005, men Lånekassen må gi tilsegn om utdanningsstøtte for undervisningsåret 2005–06. Det er såleis ein føresetnad at Stortinget ved handsaminga av budsjettet for 2005 tek stilling til heile undervisningsåret 2005–06, og at Lånekassen kan gi tilsegn om slik støtte, jf. forslag til vedtak III nr. 2. Dei enkelte budsjettforslaga er gitt nærmare omtale under.
Som nemnt i målet om brukarretting og effektivitet i forvaltninga av utdanningsstøtten, vil departementet leggje vekt på forenkling og brukarretting. I tråd med dette legg ein opp til nokre regelverksforenklingar. Omfanget både i talet på kundar og økonomiske konsekvensar er avgrensa. Forslaga er forenklande for kundane i form av mindre komplisert regelverk. I tillegg legg dei til rette for administrativ forenkling og automatisert sakshandsaming. IKT-systema i Lånekassen har vorte meir ustabile dei siste åra. Dei nye IKT-systema skal vere meir fleksible i høve til endringar i regelverket for utdanningsstøtte og gi auka kvalitet og effektivitet i søknadshandsaminga.
Unge elevar med rett til vidaregåande opplæring etter opplæringslova § 3-1 får i dag behovsprøvd grunn- og læremiddelstipend etter forsørgjar si inntekt og eiga inntekt. Departementet foreslår at elevar ikkje lenger skal få behovsprøvd grunn- og læremiddelstipend etter eiga arbeidsinntekt frå undervisningsåret 2005–06. Ordninga med behovsprøving mot lærlinglønn held fram.
Unge elevar i vidaregåande opplæring får i dag behovsprøvd grunn- og læremiddelsstipend mot eigen, sambuar/ektefelle og forsørgjarane si formue. Departementet foreslår å avvikle behovsprøvinga mot eigen og sambuar/ektefelle si formue.
Gjennom behovsprøvinga mot forsørgjarane sin økonomi i støtteordninga for unge elevar med rett til vidaregåande opplæring etter opplæringslova § 3-1, blir frådraget i støtten redusert dersom eleven har søsken i vidaregåande opplæring. Departementet foreslår at denne ordninga blir avvikla frå undervisningsåret 2005–06.
Hospitantar kan i dag få utdanningsstøtte frå Lånekassen dersom det faglege opplegget er rimeleg. Hospitantar er ikkje formelt tekne opp i utdanninga, men har høve til å følgje undervisninga. Departementet foreslår at hospitantar ikkje får støtterett i Lånekassen frå undervisningsåret 2005–06. Om lag 100 personar får i dag slik støtte, og denne gruppa vil framleis kunne få støtte i Lånekassen dersom dei får elevstatus etter Lånekassens forskrifter.
Deltakarar på AMO-kurs får i dag dekt utgifter til livsopphald frå Aetat under opplæringa, samstundes som dei kan få støtte frå Lånekassen. Om lag 200 personar får i dag dobbel dekning av utgifter til livsopphald under utdanninga. Departementet foreslår at deltakarar på AMO-kurs i regi av Aetat ikkje lenger skal ha støtterett i Lånekassen frå undervisningsåret 2005–06.
I dag kan støtta frå Lånekassen bli redusert dersom studenten får stipend frå andre til reiser i utlandet. Departementet foreslår at denne regelen blir avvikla frå undervisningsåret 2005–06 slik at studentar som får denne typen støtte frå andre, ikkje får redusert støtte gjennom Lånekassen.
Dersom studenten får stipend frå andre, kan det i dag bli gitt støtte til utdanning i utlandet som ikkje gir grunnlag for å bli godkjend i Noreg som tilsvarande norsk grad eller del av norsk grad. Føresetnaden er at stipendet frå andre må dekkje minst 30 pst. av totalkostnadene. Denne regelen legg til rette for å ta utdanning som ikkje vil gi grunnlag for generell eller fagleg godkjenning i Noreg, og blir foreslått avvikla frå undervisningsåret 2005–06.
I dag får alle Ph.d.-studentar i kvoteprogrammet for utdanningsstøtte til studentar frå utviklingsland, land i Sentral- og Aust-Europa og land i Sentral-Asia automatisk støtte for ti månader. Regelverket gir høve til å få utvida støtteperioden til tolv månader dersom naudsynt dokumentasjon blir lagd fram. Departementet foreslår at alle kvotestudentar i Ph.d.-program får støtte i tolv månader frå undervisningsåret 2005–06.
Post 01 Driftsutgifter
Lånekassen skal sørgje for å administrere tildeling og tilbakebetaling av utdanningslån og stipend på ein god og effektiv måte. Kjerneoppgåvene skal løysast kostnadseffektivt, og Lånekassen skal føre kontroll med kva dei ulike kjerneoppgåvene kostar å utføre. Lånekassen skal prioritere utbygging av dei mest kostnadseffektive kanalar for kundehandsaming. Aktivitet som støttar opp under kjerneoppgåvene, skal setjast ut til andre aktørar dersom utsetjing vil gi betre tenester for brukarane og høgre kvalitet og effektivitet totalt sett for verksemda, jf. Innst. S. nr. 152 (2003–2004).
Lånekassen skal vidare arbeide for kortare saksbehandlingstid og for å auke servicenivået på dei kunderetta tenestene.
Lånekassen skal gi kundane god informasjon om eksisterande støtteordningar og endringar i desse. Det er særleg viktig å gi kundane informasjon om nye støtteordningar eller endringar i eksisterande ordningar så tidleg som mogleg etter at endringane er vedtekne.
I samband med at Statens innkrevingssentral (SI) skal få eit større ansvar for innkrevjing av mislegheldte studielån, skal ei ny arbeidsdeling mellom Lånekassen og SI vere i funksjon 1. januar 2006. For at Lånekassen på best mogleg måte skal førebu overføring av saker til SI, blir posten oppjustert med 1 mill. kroner i 2005.
Ein legg som tidlegare opp til at nokre av midlane på posten skal disponerast av departementet, og mellom anna nyttast til arbeid i samband med oppfølging av moderniseringsprosjektet for Lånekassen. Løyvinga på posten kan overskridast mot tilsvarande meirinntekter på kap. 5310 post 03, jf. forslag til vedtak II nr. 1.
Post 45 Større utstyrsinnkjøp og vedlikehald, kan overførast
I St.meld. nr. 12 (2003–2004) blir kostnadene knytte til fornying av IKT-systema i Lånekassen anslåtte til om lag 250 mill. kroner. Det blir lagt opp til at om lag 100 mill. kroner vil bli foreslått løyvde over statsbudsjettet i åra 2005–07. I meldinga seier Regjeringa at ho legg opp til å presentere ei endeleg kostnadsramme for IKT-fornyinga i forslag til statsbudsjett for 2005.
Det er ein viktig føresetnad at modernisering av Lånekassen ikkje skal svekkje den daglege forvaltninga av utdanningsstøtta. Den seinare tida har det vore ein stor auke i talet på elevar og studentar som har søkt støtte frå Lånekassen. Som ein naturleg konsekvens av denne utviklinga har saksmengda og talet på telefonar og e-post til Lånekassen auka. Dette har skjedd samstundes som Lånekassen har gjennomført fleire store endringar i regelverket. Samla sett gir dette ein krevjande driftssituasjon for Lånekassen. Som varsla i St.meld. nr. 12 (2003–2004) kan auka oppgåvemengd påverke framdrifta i moderniseringa.
Lånekassen si planlegging av moderniseringa har ikkje komme langt nok til at det er forsvarleg å fremme forslag til vedtak om kostnadsramme og startløyving i forslag til statsbudsjettet for 2005, jf. St.meld. nr. 12 (2003–2004). Departementet vil mellom anna at det skal bli arbeidd vidare med risikovurderingar i prosjektet, og tiltak som kan gjennomførast for å redusere risiko. I si handsaming av meldinga understrekte Stortinget behovet for stram styring av moderniseringsprosjektet for å halde den fastsette kostnadsramma, jf. Innst. S. nr. 152 (2003–2004).
På bakgrunn av faseforskyvinga i moderniseringsarbeidet vil departementet komme tilbake til Stortinget i 2005 med forslag til endeleg kostnadsramme og startløyving for moderniseringsprosjektet i Lånekassen.
Post 50 Avsetning til utdanningsstipend, overslagsløyving
Utdanningsstipendet for elevar og studentar i høgre utdanning vart auka til 40 pst. av kostnadsnorma på kr 8 000 per månad frå november 2002. Heile utdanningsstipendet er omgjort til konverteringsstipend frå studieåret 2004–05 slik at heile kostnadsnorma blir utbetalt som lån, og inntil 40 pst. blir konvertert til stipend når utdanninga er gjennomført, jf. forslag til vedtak III nr. 3. Posten dekkjer behovet for løyving knytta til at 40 pst. av kostnadsnorma blir omgjort frå lån til stipend når utdanninga er gjennomført.
Av omsyn til det samla budsjettopplegget foreslår Regjeringa at støtta i Lånekassen blir ført vidare på same nominelle nivå i undervisningsåret 2005–06. Løyvinga er redusert med 72 mill. kroner som følgje av reduksjon i talet på studieplassar (60-studiepoengseiningar), jf. omtale under kategori 07.60.
Post 70 Utdanningsstipend, overslagsløyving
Løyvinga på posten skal mellom anna dekkje utgifter til utdanningsstipend til unge elevar i ordinær vidaregåande opplæring, forsørgarstipend og fødselsstipend.
Post 71 Andre stipend, overslagsløyving
Løyvinga på posten gjeld tilskott til reiser (reisestipend), skolepengar i land utanfor Norden (skolepengestøtte) og førebuande språkkurs i utlandet.
Reisestipend
I undervisningsåret 2005–06 blir det gitt tilskott til tre tur-retur-reiser mellom foreldreheimen i Noreg og lærestaden for unge elevar i ordinær vidaregåande opplæring i Noreg eller i Norden, utover ein eigendel på kr 970. For elevar og studentar, med unntak av unge elevar i ordinær vidaregåande opplæring, foreslår departementet av omsyn til det samla budsjettopplegget å avvikle reisestipendet for innlandsreiser og for reiser i Norden frå undervisningsåret 2005–06.
Departementet vil vurdere innføring av ny utrekningsmodell for reisestipend for dei som framleis blir omfatta av ordninga frå undervisningsåret 2005–06. Den nye modellen vil vere budsjettnøytral, men vil føre til at nokre får reduksjon og andre auke i reisestipend i forhold til dagens ordning.
I undervisningsåret 2005–06 blir reisestøtta til elevar og studentar som studerer i land utanom Norden, gitt som 30 pst. lån og 70 pst. stipend for to tur-retur-reiser mellom Noreg og lærestaden utover ein eigendel på kr 745 per undervisningsår.
Løyvinga på posten dekkjer også stipenddelen av utgiftene til ei årleg heimreise, samt til reise ved starten og slutten av studiet for studentar som kjem inn under støtteordninga for studentar frå utviklingsland, land i Sentral- og Aust-Europa og Sentral-Asia.
Skolepengestøtte og tilleggsstipend
Frå undervisningsåret 2004–05 er det innført ny finansieringsordning for dekning av skolepengar ved utdanning i utlandet. Det kan bli gitt skolepengestøtte med inntil kr 102 320 per undervisningsår. Skolepengestøtte blir gitt med 70 pst. stipend og 30 pst. lån til høgre gradsutdanning og delstudium, og med 50 pst. stipend og 50 pst. lån til lågare gradsutdanning inntil faktiske skolepengar opptil kr 52 320. Støtte utover dette blir gitt som lån opptil kr 50 000. Ph.d.-studentar kan låne inntil kr 102 320 per studieår.
Tilleggsstipend kan bli gitt til studentar som tek einskilde utdanningar i utlandet ved dyre lærestader av særleg høg kvalitet. Tilleggsstipend kan først bli gitt når faktiske skolepengar utgjer meir enn kr 102 320, og kan bli gitt med opptil kr 55 320 per undervisningsår.
Stipend til førebuande språkkurs
Stipend til førebuande språkkurs kan bli gitt med inntil kr 15 000.
Post 72 Rentestønad, overslagsløyving
Løyvinga på posten viser kostnaden av at studielåna er rentefrie i studietida, og at regelverket gir høve til rentefritak på særskilde vilkår i samband med tilbakebetalinga. Rentestønaden er såleis uttrykk for kor mykje staten subsidierer lånedelen av den norske studiestøtteordninga med.
Løyvinga på posten blir justert i samband med endringar i rentesatsar.
Rentemarginen på eitt prosentpoeng blir foreslått vidareført.
Post 73 Avskrivingar, overslagsløyving
Løyvinga på posten dekkjer utgifter i samband med ulike ordningar med avskriving av utdanningslån i Lånekassen, jf. kap. 5310 post 91.
Utdanningslån er personleg gjeld. Etter lov om utdanningsstøtte blir gjelda ettergitt når låntakaren døyr. Lånet kan også bli ettergitt heilt eller delvis når låntakaren er vorten ufør med uføregrad på minst 50 pst., eller langvarig sjuk. I 2003 vart det ettergitt om lag 136 mill. kroner i samband med uførleik, langvarig sjukdom og død. Vidare kan heile gjelda bli ettergitt på visse vilkår for låntakarar frå utviklingsland, land i Sentral- og Aust-Europa og Sentral-Asia som har hatt støtte frå Lånekassen som deltakarar i kvoteordninga, og som seinare har busett seg varig i heimlanda sine.
Løyvinga på posten skal også dekkje ettergiving av delar av utdanningslån for låntakarar som er busette i, og som utøver eit yrke i, Finnmark (heile fylket) eller i ein av dei sju verkemiddelkommunane i Nord-Troms (Karlsøy, Lyngen, Storfjord, Gaivoutna-Kåfjord, Skjervøy, Nordreisa og Kvænangen). Låntakarar som er yrkesaktive legar i utvalde kommunar utanfor Finnmark eller Nord-Troms, er også omfatta av ordninga med ettergiving av utdanningslån. I dagens ordning kan ein få avskrive inntil ti pst. av lånegrunnlaget, avgrensa opp til kr 16 500 per år. Regjeringa forslår å auke avskrivingsbeløpet til kr 25 000 i 2005, men behalde grensa på inntil ti pst. avskriving av lånegrunnlaget per år. Endringa vil òg omfatte personar som tjener opp rett til avskriving i inneverande år.
Post 74 Tap på utlån
Løyvinga blir nytta til avskriving av grovt eller vedvarande misleghaldne studielån i Lånekassen. Studielånet blir sett på som grovt eller vedvarande misligheldt når det har vore oppsagt i tre år. Lånet blir da overført til Statens innkrevingssentral for tvangsinnkrevjing, og lånetakaren mistar retten til betalingslettelsar, ettergiving og omgjering av lån til stipend i Lånekassen.
Post 75 Særskilde tilretteleggingstiltak for utdanning i utlandet
Løyvinga blir nytta til informasjonstiltak retta mot nye studentar i utlandet, mellom anna tilskott til ANSA sitt informasjonsarbeid. Dette inneber informasjon om norsk utdanning som grunnlag for opptak og særskilde ordningar ved utanlandske lærestader der det er norske studentar. Løyvinga skal også dekkje utgifter knytte til tilrettelegging for studium i utlandet.
Post 90 Lån til Statens lånekasse for utdanning, overslagsløyving
Løyvinga på posten dekkjer det behovet som Lånekassen har for innlån frå staten. Ordninga med ekstra lån til studentar som tek eit sommarsemester, blir foreslått ført vidare i 2005, jf. forslag til vedtak III nr. 4.
Kap. 5310 Statens lånekasse for utdanning (jf. kap. 2410)
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2003 | Saldert budsjett 2004 | Forslag 2005 |
03 | Diverse inntekter | 1 242 | 369 | 382 |
04 | Refusjon av ODA-godkjende utgifter | 9 500 | 9 500 | 9 500 |
15 | Refusjon for arbeidsmarknadstiltak | 95 | ||
16 | Refusjon av fødselspengar/adopsjonspengar | 2 041 | ||
18 | Refusjon av sjukepengar | 4 692 | ||
72 | Gebyr | 130 532 | 136 000 | 137 000 |
90 | Avdrag | 5 386 813 | 5 410 000 | 7 490 000 |
91 | Tap og avskrivingar | 684 156 | 693 000 | 630 000 |
93 | Omgjering av studielån til stipend | 868 791 | 1 627 000 | 4 133 000 |
Sum kap. 5310 | 7 087 862 | 7 875 869 | 12 399 882 |
I høve til budsjettet for 2004 er post 90 er oppjustert med 1,8 mrd. kroner i samband med omlegging frå netto til brutto regnskapsføring på posten.
Post 03 gjeld refusjon av kostnader som Lånekassen har ved oppdrag for andre verksemder. Oppdrag gjeld m.a. utsending av materiell til kundegrupper i Lånekassen på vegner av desse verksemdene.
Visse innanlandske kostnader til flyktningar kan etter OECD sitt statistikkdirektiv bli definerte som offentleg utviklingshjelp. Post 04 gjeld ettergiving av studielån for kvotestudentar frå utviklingsland, land i Sentral- og Aust-Europa og Sentral-Asia som flyttar til heimlandet og buset seg der varig. Det er Utanriksdepartementet som betaler refusjonen til Lånekassen over kap. 167 Flyktningetiltak i Noreg, godkjend som utviklingshjelp (ODA).
Post 72 gjeld gebyr i Lånekassen, m.a. gebyr per førstegongsvarsel for terminbeløp med forfall per 15. februar, 15. mai, 15. august og 15. november.
Alle gebyra blir foreslått førte vidare med dei same satsane i 2005: førstegongsvarselet på kr 35, andregongsvarsel på kr 280 og tredjegongsvarsel (varsel om oppseiing) på kr 490.
Løyvinga på post 90 gjeld avdrag og renter til Lånekassen.
Løyvinga på post 91 gjeld tap og avskriving i Lånekassen, jf. kap. 2410 post 73 og 74.
Post 93 omfattar innbetaling til Lånekassen i samband med konverteringsordninga, jf. kap. 2410 post 50.
Kap. 5617 Renter frå Statens lånekasse for utdanning (jf. kap. 2410)
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2003 | Saldert budsjett 2004 | Forslag 2005 |
80 | Renter | 5 279 741 | 3 847 700 | 3 495 200 |
Sum kap. 5617 | 5 279 741 | 3 847 700 | 3 495 200 |
Budsjettforslaget gjeld renter frå Lånekassen, jf. kap. 2410 post 72.
Fotnoter
Skolefakta, ressursar, læringsmiljø, læringsutbytte (nasjonale prøver, diagnostiske prøver, eksamen, m.m.) og gjennomføring. I tillegg inneheld nettstaden lokale eksempel på organisering og gjennomføring av opplæringa.