St.prp. nr. 1 (2005-2006)

FOR BUDSJETTÅRET 2006 — Utgiftskapittel: 1400–1472 og 2465 Inntektskapittel: 4400–4472, 5322 og 5621

Til innhaldsliste

Del 1
Innleiing

1 Hovudprioriteringar og hovudutfordringar

1.1 Hovudprioriteringar innafor MDs budsjett

Grunnlag og rammer for budsjettet

Kvar generasjon har eit ansvar for å ta vare på og forvalte naturen til gagn for sine etterkommarar. I sin Human Development Report har FN i fleire år på rad framheva Noreg som det beste landet i verda å bu i. Som eitt av dei rike landa i verda har Noreg eit særskilt ansvar for å delta aktivt i arbeidet med globale utfordringar knytte til miljø, ressursutnytting og kamp mot fattigdom.

FNs toppmøte i Johannesburg hausten 2002 framheva særskilt miljø og utvikling som store globale utfordringar. Semja om FNs tusenårsmål og oppfølginga av desse representerer eit globalt partnarskap for utvikling som forpliktar både fattige og rike land til betydelege reformer. Regjeringa vil bidra til ein klarare samanhang og betre samsvar mellom dei internasjonale miljø- og utviklingsmåla som er sette opp og rammeverket for utvikling.

Vi står overfor store utfordringar knytte til naturen sine tolegrenser og fordelinga av ressursar. Den vidare velferdsutviklinga i rike land vil måtte dreie seg om dei ikkje-materielle og mellommenneskelege verdiane og kvalitetane i samfunnet, meir enn dei materielle verdiane. Samarbeidsregjeringa vil føre ein offensiv miljø- og ressurspolitikk basert på målet om berekraftig utvikling. Dette krev at globalt ansvar blir omsett i lokal handling. Regjeringa legg stor vekt på det lokale miljøvernet.

Miljøvernpolitikken er basert på desse viktige prinsippa: Vi må respektere tolegrensene i naturen. Vi må vere føre var og ikkje bruke kunnskapsmangel som grunn til ikkje å handle. Vi må la forureinaren betale og ikkje akseptere at rekninga blir send til naboar, til fellesskapen og til kommande generasjonar.

Miljøverndepartementets budsjett finansierer mange av dei mest sentrale verkemidla og tiltaka i miljøvernpolitikken. Dette kapitlet omtaler dei viktigaste prioriteringane for 2006. Det gir vidare ein kort gjennomgang av hovudutfordringane i miljøvernpolitikken, og hovudtrekka i Regjeringas politikk også utover dei konkrete budsjettsatsingane for neste år.

Miljøvernpolitikken byggjer på at alle samfunnssektorar og aktørar har eit sjølvstendig ansvar for å leggje miljøomsyn til grunn for verksemda si. Prinsippet om sektoransvar har lenge vore sentralt i norsk miljøvernpolitikk, og er vidareutvikla i stortingsmeldingane om Regjeringas miljøvernpolitikk og rikets miljøtilstand. Det er derfor òg gitt ein omtale av miljøsatsingar på budsjetta til andre departement i kapittel 2.

Budsjettforslaget for Miljøverndepartementet for 2006 er på 3 413,1 mill. kroner. 57,2 mill. kroner av dette er løyvde på statsforvaltningas felleskapittel for meirverdiavgift, og går derfor ikkje fram av denne proposisjonen. Sjå nærare forklaring i Del I, kapittel 5. Satsingane følgjer opp hovudområde som er omtalte i sentrale meldingar og proposisjonar som denne Regjeringa har lagt fram:

  • St.meld. nr. 12 (2001-2002) Rent og rikt hav

  • St.meld. nr. 15 (2001-2002) Tilleggsmelding til St.meld. nr. 54 (2000-2001) Norsk klimapolitikk

  • St.meld. nr. 23 (2001-2002) Bedre miljø i byer og tettsteder

  • St.prp. nr. 79 (2001-2002) Om nasjonale laksevassdrag og laksefjorder

  • St.prp. nr. 49 (2001-2002) Om samtykke til ratifikasjon av Kyotoprotokollen av 11. desember 1997 til FNs rammekonvensjon om klimaendring av 9. mai 1992

  • St.meld. nr. 30 (2002-2003) «Norge digitalt» – et felles fundament for verdiskaping

  • St. meld. nr. 40 (2002-2003) Nedbygging av funksjonshemmende barrierer

  • St. meld. nr. 15 (2003-2004) Rovvilt i norsk natur

  • St. meld. nr. 21 (2004-2005) Regjeringens miljøvernpolitikk og rikets miljøtilstand

  • St. meld. nr. 16 (2004-2005) Leve med kulturminner

Hovudprioriteringane i 2006-budsjettet

I 2006 gjer Regjeringa framlegg om at løyvingane til kulturminneføremål blir auka med om lag 50,7 mill. kroner (inkl. mva. og avkastning av kulturminnefondet). Stortinget gav si støtte til hovudtrekka i St.meld. nr. 16 (2004-2005) Leve med kulturminner. Stortingsmeldinga inneheld ein tiltakspakke fram mot 2020 og varslar ei nyorientering av kulturminnepolitikken med auka vekt på kulturminne som ressurs for kunnskap, opplevingar og verdiskaping. Betre rammevilkår for private og frivillige er ein viktig del av satsinga. Regjeringa vil følgje opp meldinga, blant anna med auka løyvingar. Midlane skal gå til å auke innsatsen for vern og sikring av freda bygningar og anlegg i privat eige, til å dekkje kostnader ved arkeologiske undersøkingar ved mindre private tiltak, tilskot til stavkyrkjene, dei norske verdsarvsområda og tekniske og industrielle kulturminne. Eit anna høgt prioritert tiltak er å starte opp eit verdiskapingsprogram med utgangspunkt i kulturminne og kulturmiljø. Her vil satsingar med utgangspunkt i kystkulturen bli prioriterte. I tillegg gjer Regjeringa framlegg om å auke kulturminnefondets grunnkapital med 400 mill. kroner, til i alt 800 mill. kroner. Løyvinga til kulturminneforsking vil auke med 1,5 mill. kroner.

Regjeringa fører vidare den auka løyvinga til arbeidet med betre tilgjenge på alle samfunnsområde for personar med nedsett funksjonsevne. Arbeidet følgjer handlingsplanen for universell utforming for 2005-2009, og er samordna av Miljøverndepartementet i samråd med Arbeids- og sosialdepartementet.

I 2006 legg Regjeringa opp til ein auke i løyvingane til miljøretta forsking og overvaking. God miljøvernpolitikk må byggje på kunnskap. Denne kunnskapen hentar vi i all hovudsak inn gjennom miljøovervaking og forsking, men òg gjennom anna innsamling av data som statistikk og ulike former for rapportering. Prioriteringa følgjer hovudutfordringane i miljøvernpolitikken. Det er ein auke på i alt 9,5 mill. kroner til forskingsprogram om klima, biologisk mangfald, kjemikaliar, kulturminne og Barentshavet, og til førebuing av Det internasjonale polaråret 2007-2008. I tillegg aukar basisløyvingane til miljøforskingsinstitutta med 9 mill. kroner. Auken på om lag 13,1 mill. kroner til miljøovervaking og miljøstatistikk skal bl.a. styrkje overvakinga langs kysten, i Barentshavet, av biologisk mangfald og av farleg forureining.

Klimaproblemet er den største globale miljøutfordringa vi står overfor. Etter Russlands ratifikasjon av Kyotoprotokollen er protokollen no trådd i kraft. Regjeringa vil føre ein offensiv klimapolitikk internasjonalt og nasjonalt. Med klimakvotesystemet på plass har Noreg eit tilnærma heildekkande verkemiddelapparat for utslepp av klimagassar. I dette budsjettet aukar Regjeringa løyvingane til klimaforsking som ledd i ei opptrapping av miljøvernforskinga. Gjennom opprettinga av Gassteknologifondet har Regjeringa styrkt innsatsen for utvikling av teknologi som reduserer utsleppa av CO2 og andre klimagassar. Eit utval sett ned i 2005 utgreier korleis Noreg kan bli eit «lågutsleppssamfunn» i løpet av tida fram til midten av dette hundreåret. Utvalet vil leggje fram utgreiinga si mot slutten av 2006. Det vil i 2006 òg bli arbeidd vidare med ein strategi for tilpassingstiltak til klimaendringar. Regjeringa vil vidare i 2006 leggje til rette for ein meir offensiv lokal klimapolitikk, som ledd i arbeidet med å utvikle miljøvernpolitikken på lokalt nivå.

Regjeringa vil styrkje kommunane si rolle i miljøvernpolitikken, blant anna gjennom ei løyving på 10 mill. kroner til eit femårig utviklingsprogram for lokalt miljøvern og berekraftige lokalsamfunn i samarbeid med kommunane og KS. Programmet vil bli etablert i 2006, og er ei oppfølging av St.meld. nr. 21 (2004-2005) Regjeringens miljøvernpolitikk og rikets miljøtilstand.

Regjeringa prioriterer tiltak for å stanse tapet av biologisk mangfald i Noreg innan 2010. Dei store rovdyra er ein viktig del av dette mangfaldet. I høve til saldert budsjett for 2005 aukar løyvinga til førebyggjande tiltak på rovvilt med 5 mill. kroner, og løyvinga til overvaking av rovvilt aukar med 4,2 mill. kroner i 2006. Ei ny erstatningsordning for rovviltskadar skal gjelde frå 2006.

Innafor naturvern gjer ein auke på 5,4 mill. kroner i tilsegnsfullmakta knytt til nasjonalparkplanen det mogleg å halde framdrifta i verneplanarbeidet. Midlane til utarbeiding av forvaltningsplanar, oppsyn og lokal forvaltning aukar med vel 6 mill. kroner. Det skal blant anna opprettast oppsynsstillingar i nye verneområde. Løyvinga til nytt skogvern er styrkt med 11 mill. kroner i 2006. Midlane vil bli brukte til vern av prioriterte frivillig vern-område. Prosessen for vern av området Trillemarka Rollag-Østfjell blir ført vidare med sikte på vern i 2006. I løpet av funksjonstida til denne regjeringa er storleiken på det verna arealet i Noreg auka med om lag to tredelar.

Det er viktig å sikre det biologiske mangfaldet også utanfor verneområda, ikkje minst dei truga artene. Løyvinga til tiltak for å ta vare på dei truga artene i norsk natur blir auka i 2006.

Løyvinga til forsking om biologisk mangfald aukar med 1,5 mill. kroner, og løyvinga til kartlegging og overvaking av sjøfugl over Miljøverndepartementets budsjett aukar med 4 mill. kroner.

Regjeringa la i samband med Friluftslivets år inn ekstra løyvingar til friluftsføremål i 2005. For å følgje opp dei gode erfaringane og tiltaka frå 2005 og utvikle dei vidare, er satsinga ført vidare i 2006. Arbeidet med å sikre viktige friluftsområde i kystsona og grøntområde i nærleiken av byar og tettstader er høgt prioritert, og regjeringa fremjar forslag om å auke tilsegnsfullmakta til dette med 2 mill. kroner.

Regjeringa vil styrkje innsatsen mot helse- og miljøfarlege kjemikaliar. Den stadige spreiinga av miljøgifter og andre helse- og miljøfarlege kjemikaliar er eit alvorleg trugsmål mot miljøet, menneskas framtidige helse og matforsyninga vår. I 2005 vart løyvingane til opprydding i forureina grunn og sediment auka med om lag 14 mill. kroner. Løyvingane til opprydding blir auka med ytterlegare 8,2 mill. kroner i 2006, og løyvinga til kartlegging av miljøgifter blir auka med 3 mill. kroner. Regjeringa vil i 2006 utgreie eit totalforbod mot miljøgifter i forbrukarprodukt. Løyvinga til forsking på miljøskadelege kjemikaliar blir òg auka. Innsatsen for å redusere utslepp og spreiing av prioriterte miljøgifter frå andre kjelder vil òg vere høg.

Ei meir heilskapleg og kunnskapsbasert forvaltning av vassførekomstane og dei kystnære områda følgjer av EUs rammedirektiv for vatn. Regjeringa vil vidareføre dette viktige arbeidet i 2006.

Regjeringa tek sikte på å leggje fram forvaltningsplanen for Barentshavet og havområda utanfor Lofoten i vårsesjonen 2006. Forvaltningsplanen skal vere heilskapleg og økosystembasert. Ein viktig del av oppfølginga vil vere å rapportere i høve til miljøkvalitetsmål for ulike element i økosystemet. Dette vil krevje auka innsats innan kartlegging, overvaking og forsking. Midlane til forsking om desse havområda skal aukast med 1,5 mill. kroner, og midlane til overvaking skal òg aukast.

Det marine kartleggings- og kunnskapsprogrammet MAREANO skal vidareførast. MAREANO vart starta i 2005 som ei felles satsing mellom Miljøverndepartementet, Fiskeri- og kystdepartementet og Nærings- og handelsdepartementet. Av løyvinga i 2006 går om lag 7,9 mill. kroner over Miljøverndepartementets budsjett.

Statsoppdraget til Statens kartverk er auka med 8 mill. kroner for å dekkje inntektsbortfallet ved at kommunane frå 1. januar 2006 skal sleppe å betale for elektronisk oppkopling til grunneigedoms-, adresse- og bygningsregister (GAB). Dette forslaget frå Regjeringa må sjåast i samanheng med arbeidet for å gjere offentleg informasjon lettare tilgjengeleg for brukarane.

Det internasjonale polaråret (IPY) 2007–08 er ei stor internasjonal satsing innan polarforsking der mange nasjonar har gjort kjent at dei vil delta og der store ressursar blir sette inn. Regjeringa har vedteke at Noreg skal gå sterkt inn i dette samarbeidet og ta mål av seg til å ha ei førande rolle. Regjeringa foreslår å løyve til saman 5 mill. kroner til Forskingsrådet til arbeidet med IPY i 2006. Løyvinga skal dekkje eit norsk sekretariat og investeringar som må vere på plass før sjølve forskinga startar. Løyvinga er fordelt mellom budsjetta til Utdannings- og forskingsdepartementet (2 mill. kroner), Miljøverndepartementet (2 mill. kroner) og Justisdepartementet (1 mill. kroner).

1.2 Berekraftig utvikling og hovudfelt innafor miljøvernpolitikken

Politikk for berekraftig utvikling

I Nasjonal strategi for bærekraftig utvikling, som Regjeringa la fram i juni 2002, er det overordna målet formulert slik:

«Den overordnede målsetningen for det norske samfunnet, og for verdenssamfunnet, er at utviklingen skal være økologisk, økonomisk og sosialt bærekraftig. Grunnlaget for vedvarende bruk av naturen og dens ressurser skal bevares. Innenfor disse rammene skal vi fremme en stabil og sunn økonomisk utvikling og et samfunn med høy livskvalitet, og bidra til at også verdens fattige får mulighet til materiell velferd og økt livskvalitet.»

Politikk for ei berekraftig utvikling er å forvalte dei menneskelege ressursane, dei menneskeskapte ressursane og natur- og miljøressursane slik at kommande generasjonar skal ha eit minst like godt grunnlag for framtidig velferd som vi har.

Dei største miljøtruslane verda står overfor i dag er:

  • Aukande konsentrasjon av klimagassar i atmosfæren. Vitskapen finn stadig sterkare haldepunkt for aukande temperatur og endringar i klimaet som følgje av menneskeleg aktivitet og særleg bruk av fossilt brensel.

  • Rask reduksjon i det biologiske mangfaldet på jorda som følgje av klimaendringar og forureining, endra arealbruk og skadelege landbruksmetodar som fører til blant anna avskoging og ørkenspreiing, innføring av fremmande arter og overhausting. Det biologiske mangfaldet er grunnlaget for produksjon av ei rekkje økosystemtenester som til dømes mat frå planter og dyr, medisinar, tømmer og fiber, energi, flomdemping, klimaregulering og kulturelle verdiar knytte til natur. Biologisk mangfald styrkjer òg motstandskrafta i økosystema mot bråe endringar.

  • Stadig veksande bruk og aukande utslepp av helse- og miljøfarlege kjemikaliar, som berre svært sakte let seg bryte ned i naturen og derfor hopar seg opp i næringskjedene. Dette trugar både det biologiske mangfaldet, matforsyninga og helsa til kommande generasjonar.

Regjeringa følgjer no opp den nasjonale strategien med ein handlingsplan for berekraftig utvikling – Nasjonal Agenda 21 – som var eit eige kapittel i Nasjonalbudsjettet for 2004. Regjeringa har oppretta eit fast statssekretærutval leia av Finansdepartementet, og har styrkt og vidareutvikla samarbeidet med alle sektorar og samfunnsaktørar, som næringsliv, lokalforvaltning og frivillige organisasjonar. Eit eige utval la i 2005 fram NOU 2005:5 Enkle signaler i en kompleks verden, med eit førebels sett av indikatorar for berekraftig utvikling.

Kampen mot menneskapte klimaendringar

Klimaproblemet er den største miljøutfordringa verda står overfor i dag. Målingar som dekkjer fleire hundre år viser at konsentrasjonen av klimagassar har auka med over 30 pst. Jamvel om det framleis er usikkert kor mykje andre faktorar enn klimagassutslepp verkar inn, er det stor vitskapleg semje om at vi er inne i ein periode med global oppvarming og endring av klimaet. Korleis og kvar på jorda dette vil slå ut i langsame klimaendringar, og endra styrke og frekvens av episodar som orkanar og flaumar, har ein dårlegare haldepunkt for å seie noko om.

ACIA-rapporten, som vart lagt fram hausten 2004, syner at klimaendringane i Arktis kan bli meir omfattande og vanskelegare å føreseie enn ein har trudd før, og at klimaendringane i nordområda allereie er i gang.

Det langsiktige målet i Klimakonvensjonen er å stabilisere konsentrasjonen av klimagassar på eit nivå som vil hindre farleg menneskeskapt påverknad av klimasystemet. Kyotoprotokollen frå 1997 er eit viktig første steg mot dette målet. Russland ratifiserte protokollen i november 2004, og 16. februar 2005 kunne den trå i kraft. Noreg arbeider aktivt for å starte prosessen for ytterlegare reduksjonar og eit meir globalt klimaregime etter 2012. Det har så langt synt seg vanskeleg å få i gang slike diskusjonar under Klimakonvensjonen.

Regjeringa har sett ned eit utval som skal utgreie korleis Noreg kan utviklast til eit «lågutsleppssamfunn», med sikte på utsleppsreduksjonar tilsvarande 50-80 pst. innan 2050. Utvalet held fram med arbeidet i 2006 og vil leggje fram utgreiinga si mot slutten av året. På bakgrunn av konklusjonane vil Regjeringa starte ein politisk prosess med sikte på å utforme langsiktige nasjonale mål for reduksjon av klimagassutsleppa.

Klimagassutsleppa i Noreg var i 2003 54,8 millionar tonn CO2-ekvivalentar, 2,4 pst. høgare enn året før. Utsleppa er venta å auke i åra framover. Regjeringa gir høg prioritet til arbeidet med å redusere klimagassutslepp både globalt og nasjonalt, og det er teke nye, viktige steg framover i den nasjonale klimapolitikken. I 2004 la Regjeringa fram Ot.prp. nr. 13 (2004-2005) med framlegg til ei klimakvotelov for perioden 2005-2007. Dette fekk tilslutning i Stortinget, og lova trådde i kraft 1. januar 2005. Norske styresmakter har eit konstruktivt samarbeid med EU-kommisjonen med sikte på ei praktisk kopling av det norske og EU sitt system for kvotehandel. Regjeringa vil at ein vesentleg del av utsleppsreduksjonane våre etter Kyotoprotokollen skal oppnåast gjennom nasjonale tiltak.

Kvotelova vart utforma i dialog med industrien sine organisasjonar. I 2004 vart det oppnådd semje med prosessindustrien om eit opplegg for betydelege utsleppsreduksjonar i perioden fram til 2007, for avgiftsfrie utslepp innafor og utanfor det nye kvotesystemet. Regjeringa tek òg sikte på å forby deponering av organisk avfall frå 2009, noko som blant anna vil redusere utsleppa av klimagassen metan. Noreg har no på plass eit tilnærma heildekkande verkemiddelapparat for utslepp av klimagassar.

Eit anna viktig område for Regjeringa er utvikling av teknologi som reduserer utsleppa av CO2 og andre klimagassar. Regjeringa har styrkt innsatsen for utvikling av slik teknologi, blant anna gjennom opprettinga av Gassteknologifondet.

Vidare reduksjon av sur nedbør

Noreg er avhengig av omfattande reduksjonar av utslepp i Europa for å løyse miljøproblema som skriv seg frå langtransportert luftforureining. Gøteborgprotokollen frå 1999 trådde i kraft 17. mai 2005, etter at 16 partar hadde ratifisert han. Noregs plikter etter protokollen er reflekterte i våre nasjonale mål for utslepp av svoveldioksid, nitrogenoksid, ammoniakk og flyktige organiske sambindingar. Med full effekt av protokollen vil område i Noreg der tolegrensene for forsuring er overskridne, bli om lag halverte frå 2000 til 2010.

For å overhalde kravet i Gøteborgprotokollen må Noreg redusere utsleppa av NOxmed 29 pst. i høve til 2004. Dette krev sterkare verkemiddel enn dei som er vedtekne til no. Det vil blant anna bli sett krav til utslepp av NOx frå skip i norsk innanriksfart, fiskefartøy, energianlegga på sokkelen og industrianlegg. Regjeringa vil utgreie aktuelle verkemiddel, blant anna ei NOx-avgift.

For dei andre utsleppa som er regulerte i Gøteborgprotokollen vil Noreg venteleg klare krava med dei tiltaka som er vedtekne og planlagde.

Berekraftig bruk og vern av biologisk mangfald

Mangfaldet av liv i naturen er grunnlaget for vår eksistens og avgjerande for verdiskaping, velferd og livskvalitet. Dei siste 50 åra har menneskja endra økosystema raskare og meir ekstremt enn i nokon annan periode i vår historie. FN-utgreiinga «Millennium Ecosystem Assessment» viser at verdas økosystem er i ferd med å bli så overbelasta at livsvilkåra for millionar av menneske kan bli alvorleg truga dei kommande åra. Utgreiinga dokumenterer bl.a. at 60 pst. av dei verdiane og tenestene som økosystema gir er forringa, eller systema blir ikkje brukte på ein berekraftig måte. Alt i dag har dette store konsekvensar for kva val vi har og vil få.

Som ei oppfølging av toppmøtet i Johannesburg (2002) har ei rekkje land vedteke å redusere tapet av biologisk mangfald betydeleg innan 2010. I St.meld. nr. 21 (2004-2005) Regjeringens miljøvernpolitikk og rikets miljøtilstand la regjeringa fram tiltak for å nå målet om å stanse tapet av biologisk mangfald i Noreg innan 2010, blant anna for sikre viktige økosystemtenester.

Vern av naturområde er eit viktig verkemiddel for å stanse tapet av biologisk mangfald og sikre verdiar som er viktige blant anna for vidare utvikling i distrikts-Noreg. Per 2. september 2005 er 12,5 pst. av fastlandsarealet i Noreg verna etter naturvernlova. Til samanlikning utgjorde den verna delen 7,6 pst. av fastlandsarealet i 2001. På fire år er det verna arealet auka med om lag 65 pst, dvs. nær 16 000 km2. Inga regjering har tidlegare stått for ei så stor utviding av vernearealet på så kort tid. Sju nye nasjonalparkar er oppretta. Pr. 1. september 2005 er 31 av i alt 54 verneframlegg i nasjonalparkplanen gjennomførte. I 2006 er det planlagt vernevedtak for alle gjenståande tematiske verneplanar.

Natur- og bruksverdiane i dei verna områda er òg under press. Statens naturoppsyn er no til stades i mange av dei store verneområda i Sør-Noreg, men enno er nokre av dei nye parkane utan tilstrekkeleg oppsyn. Om lag 500 verneområde manglar forvaltnings- og skjøtselsplanar. Regjeringa aukar derfor løyvinga til forvaltning av verneområde, og systematisk overvaking i utvalde verneområde skal etter planen ta til i 2006. Tre nye nasjonalparksenter vart opna i 2005.

Skogområda er viktige for mange nordmenn, blant anna som kjelde til verdiskaping og naturoppleving og friluftsliv. Velfungerande skogøkosystem gir òg viktige tenester som reint drikkevatn, flomdemping, klimaregulering og energi. Om lag halvparten av artane i Noreg lever i skog. Dei norske skogtypane er svært varierte; fleire er sjeldne internasjonalt. I arbeidet for auka skogvern legg Regjeringa stor vekt på samarbeidet med Noregs Skogeigarforbund om frivillig vern. Samtidig tar ein i 2006 sikte på å verne området Trillemarka-Rollag Østfjell. Dette er eitt av dei største gammalskogsområda som er att i Sør-Noreg

Tiltak for å stabilisere og hindre utdøying av truga og sårbare arter er særs viktig i arbeidet for å stoppe tapet av biologisk mangfald innan 2010. Det nasjonale programmet for kartlegging og overvaking av biologisk mangfald er her eit viktig tiltak. I løpet av 2005 har stort sett alle kommunane gjennomført ei kartlegging av område med stor verdi for det biologiske mangfaldet. Resultata frå kartlegginga blir lagra i databasar som er offentleg tilgjengelege på internett. Den nasjonale raudlista er eit viktig verkemiddel både for å vite kva arter som treng ekstra vern, og for å kunne måle i kva grad vi er på rett veg for å nå målet om å stanse tapet av biologisk mangfald. Neste revisjon av raudlista skal etter planen liggje føre i 2006.

Ny erstatningsordning for rovviltskadar skal gjelde frå beitesesongen 2006 og frå reindriftsåret 2006/2007. Det er oppnemnt åtte regionale rovviltnemnder med hovudansvaret for oppfølginga av rovviltpolitikken i åtte regionar. Det er fastsett nasjonale bestandsmål for alle rovviltarter i kvar enkelt rovviltregion, og det er fastsett ny forskrift om forvaltning av rovvilt med verknad frå 1. april 2005.

Det regjeringsoppnemnde Lovutvalet for biologisk mangfald leverte innstillinga si, NOU 2004:8 Lov om bevaring av natur, landskap og biologisk mangfold, i desember 2004. Utvalet foreslår blant anna nytt regelverk for å regulere introduksjonar av framande arter og fremjar forslag til endringar i erstatningsordninga ved vern etter naturvernlova. Arbeidet med å revidere lovverket på naturforvaltningsområdet er høgt prioritert.

Oppfølging av Friluftslivets år

Friluftsliv er eit fellesgode som er kjelde til god livskvalitet, auka trivsel, betre folkehelse og berekraftig utvikling. I 2005 vart Friluftslivets år arrangert. Det er viktig å følgje opp og utvikle vidare dei gode erfaringane og tiltaka som engasjerte blant anna barn og unge, etniske minoritetar og funksjonshemma i dette året. Regjeringa fører derfor vidare nivået på løyvingane frå 2005. Evaluering av Friluftslivets år blir eit viktig grunnlag for å fremje nye, treffsikre tiltak. Undersøkingar viser at ungdom si deltaking i friluftsliv er betydeleg redusert dei seinaste åra. Dette er urovekkjande både i eit miljø- og i eit helseperspektiv. Det blir derfor særs viktig å følgje opp satsinga frå 2005.

Ved utgangen av 2004 var 1916 område sikra til friluftsformål ved kjøp eller avtaler om bruk av eigedom. I femårsperioden 2000-2004 er til saman 146 område sikra, i hovudsak langs kysten i Sør-Noreg. Det er særleg viktig å sikre område i kystsona for friluftsfolket, blant anna dei eigedommane som Forsvaret, Kystverket og andre statlege eigarar ikkje lenger har trong for. Det er òg viktig å sikre overordna og samanhengande grønstruktur i byar og tettstader. Regjeringa har no auka slik innsats gjennom fleirårige samarbeidsprosjekt med byane Stavanger, Oslo og Trondheim.

«Leve med kulturminne»

Kulturminne og kulturmiljø representerer store verdiar både for den enkelte og for samfunnet. Eit viktig mål for Regjeringa er å redusere tapet av kulturminne og å ta kulturminna i bruk som bidrag til kunnskap og opplevingar for den enkelte, og som ressurs i samfunnsutviklinga.

25. februar 2005 la Regjeringa fram St.meld. nr. 16 (2004-2005) Leve med kulturminner. Regjeringa vil leggje til rette for ein gjennomføringstakt som sikrar ei tilstrekkeleg opptrapping. Det mest optimale vil vere ei opptrapping over fire år. I tillegg skal det etablerast eit verdiskapingsprogram for kulturminne og kulturmiljø. Regjeringa har som mål at grunnkapitalen i kulturminnefondet skal aukast gradvis. Regjeringa vil gjennomføre tiltak som byggjer opp om privat verneinnsats og sikrar at staten oppfyller nasjonale og internasjonale krav på ein effektiv måte. Private eigarar og frivillige som forvaltar kulturminne skal få betre rammevilkår. Staten skal dekkje ein større del av meirutgiftene i samband med antikvarisk sikring og istandsetjing av freda kulturminne, og dekkje ein større del av utgiftene til arkeologiske undersøkingar ved mindre, private tiltak. Meldinga inneheld tiltak for å sikre kulturhistoriske eigedommar i statleg eige, og at kunnskap og oppleving knytte til kulturminne skal bli tilgjengelege for alle. Den offentlege forvaltninga skal kunne utøve rolla si som pådrivar i forvaltninga av kulturminna. Internasjonalt samarbeid og utviklingssamarbeid skal bli styrkt. Hovudtrekka i meldinga fekk brei støtte i Stortinget (Innst. nr. 227 (2004-2005)).

Tilskotsmidla på kulturminnefeltet skal i første rekkje nyttast til freda og fredingsverdige kulturminne. Regjeringa ønskjer at mangfaldet av kulturminne skal blir brukt som grunnlag for levande lokalsamfunn i heile landet. Kulturminne, kulturmiljø og landskap langs kysten vil bli prioriterte i den første fasen av verdiskapingsprogrammet.

Samordna arealpolitikk for utvikling og bevaring

I St.meld. nr. 21(2004-2005) Regjeringens miljøvernpolitikk og rikets miljøtilstand har Regjeringa trekt opp mål for ei samordna arealforvaltning som tek vare på natur- og kulturmiljø, landskap og kvalitetar i miljø med busetnad. Fjellområda skal forvaltast som landskap der kultur- og naturressursar, næringsutvikling og friluftsliv blir sikra og utfyller kvarandre. Landskapsverdiane skal få auka fokus, og leveområda for villreinen skal sikrast. Den årlege omdisponeringa av dyrka mark skal halverast. Strandsona skal bevarast som verdifullt natur- og friluftsområde, med god tilgang for allmenta. Vassdrag skal forvaltast gjennom samordna planar. Område for fritidsbustader skal planleggjast med vekt på landskap, miljøverdiar, ressursbruk og estetikk. Kommunane og fylkeskommunane har eit særleg ansvar for å følgje opp måla i si kommune- og fylkesplanlegging etter plan- og bygningslova. Denne planlegginga gjeld heile landet, og skal sikre avveging mellom bruk og vern i eit samordna, langsiktig perspektiv. Skal ressursane knytte til natur, kultur og landskap kunne nyttast berekraftig, er det naudsynt med auka innsats for langsiktige arealavklaringar utanfor byar og tettstader. Slik planavklaring vil vere eit viktig effektiviseringsverktøy for lokal næringsutvikling.

Kampen mot helse- og miljøfarlege kjemikaliar

Spreiing av miljøgifter frå produkt, industri, transport og avfallsbehandling fører til ei gradvis forureining av luft, jord og vatn. Stadig fleire kjemikaliar inngår i stadig fleire produkt og produksjonsprosessar, utan av vi kjenner til kva følgjer bruken kan få. Samtidig viser kartleggingar i miljøet at miljøgifter blir funne igjen over stadig større delar av kloden, i menneske, planter og dyr, i for høge konsentrasjonar. Regjeringa vil derfor styrkje innsatsen for å beskytte både helse og miljø mot miljøgifter.

Trusselen frå helse- og miljøfarlege kjemikaliar er ein global trussel. Dårleg kontroll med bruk og utslepp av helse- og miljøfarlege kjemikaliar i utviklingsland fører til lokale skadar på helse og miljø. Samtidig blir miljøgifter transporterte langt frå kjeldene, og nordområda er ein «utslagsvask» for utslepp som skjer andre stader i verda. Internasjonalt arbeid er derfor heilt naudsynt for å redusere utsleppa til norsk natur. Regjeringa vil påverke kjemikalieregelverket i EU og vere pådrivar for å styrkje internasjonale avtaler om miljøgifter både regionalt og globalt. Samtidig legg Regjeringa vekt på å sikre eit høgt vernenivå nasjonalt og vere i forkant av den internasjonale utviklinga.

Det overordna målet i kjemikaliepolitikken er å unngå helseskadar eller skadar på naturen si evne til produksjon og sjølvfornying. Over tid skal konsentrasjonen av dei farlegaste stoffa bringast ned mot naturlege bakgrunnsverdiar. Dette skal sikrast både ved å hindre nye utslepp og å hindre at gamle forureiningar skader helse og miljø.

Regjeringa har ambisiøse mål om å stanse og redusere utsleppa av miljøgifter. Regjeringa har konkret mål om å vesentleg redusere eller stanse utsleppa av prioriterte miljøgifter innan 2005 eller 2010. Innan 2020 skal alle utslepp av miljøgifter vere stansa. Bruk og utslepp av miljøgifter skal kontinuerleg reduserast for å nå dette målet. Dei samla utsleppa av miljøgiftene på prioritetslista er reduserte frå 1995 til i dag, men det er likevel naudsynt med framhalden innsats. For å kunne nå 2020-målet om å stanse utslepp av miljøgifter utgreier Regjeringa eit mogleg generelt forbod mot miljøgifter i forbrukarprodukt. Kartlegging av miljøgifter i naturen og i produkt vil bli prioritert.

Mange stader på land og i sjøen ligg det miljøgifter som stammar frå gamle industriutslepp, avfallsfyllingar og liknande. Slike forureiningar trugar både miljøet og menneske si helse. Miljøgiftene blir tekne opp i planter og dyr og kan ende i våre eigne matfat. Grunnlaget for verdiskaping blir redusert i berørte område og forureiningane fører også til auka kostnader ved utbygging. Regjeringa vil føre vidare arbeidet med å få stansa eller redusert vesentleg spreiing av miljøgifter frå forureina grunn på land. For om lag 600 utpeikte lokalitetar med forureina grunn vil det i løpet av 2005 vere gjennomført naudsynte undersøkningar og oppryddingstiltak. Regjeringas heilskaplege og ambisiøse strategi for forureina sediment (i vatn) blir òg følgt aktivt opp, med blant anna tiltak i utpeikte høgrisikoområde og avslutning av fleire pilotprosjekt. I løpet av 2005 skal det òg vere utarbeidd fylkesvise tiltaksplanar for 17 av dei høgast prioriterte kystområda. Desse planane vil bli følgde opp vidare i 2006. Staten vil medverke med midlar til opprydding der det ikkje er mogleg å identifisere dei ansvarlege, eller der det ikkje er rimeleg å påleggje dei ansvarlege dei fulle kostnadane, og til kunnskapsoppbygging og naudsynt overvaking på feltet. Midlar til dette er auka betydeleg i perioden.

Reint og rikt hav – forvaltningsplan for Barentshavet

I St.meld. nr. 12 (2001-2002) Rent og rikt hav foreslo Regjeringa ein ny og meir heilskapeleg havmiljøpolitikk, blant anna med forvaltningsplanar for alle norske havområde. Miljøverndepartementet har det overordna ansvaret for å utvikle ein heilskapleg forvaltningsplan for Barentshavet og havområda utanfor Lofoten, som er den første planen. Denne planen skal etablere rammevilkår som gjer det mogleg å balansere ulike næringsinteresser innafor rammene av ei berekraftig utvikling. Regjeringa tek sikte på å leggje forvaltningsplanen fram for Stortinget i vårsesjonen 2006. Erfaringane frå arbeidet med denne planen vil vere viktige for utvikling av tilsvarande forvaltningsplanar for dei andre norske havområda.

Utvidinga av territorialgrensa frå 4 til 12 nautiske mil, som trådde i kraft 1. januar 2004, gir høve til å føre skipstrafikken lenger ut frå kysten enn i dag. Regjeringa ser dette som eit viktig tiltak, særleg i lys av den auka oljetransporten frå Russland. Den aukande oljetransporten set blant anna det reine og fiskerike Barentshavet under press. I det bilaterale miljøvernsamarbeidet med Russland vil Noreg særleg arbeide for å sikre ei berekraftig forvaltning av Barentshavet. Atomsamarbeidet med Russland er eit viktig ledd i arbeidet med å avgrense radioaktive utslepp og faren for ulykker som kan føre til forureining i norske havområde.

God økologisk kvalitet i vassførekomstane

I ferskvatn og kystnære område vert det lagt opp til ei meir heilskapleg og økosystembasert forvaltning etter EUs rammedirektiv for vatn. Regjeringa har bestemt at Miljøverndepartementet skal ha det koordinerande ansvaret for gjennomføringa av direktivet, med fylkesmannsembetet som regional ansvarlig myndigheit. Direktivet set som mål at ein skal oppnå «god kvalitet» i vassførekomstane, både når det gjeld biologisk mangfald og forureining, i utgangspunktet innan 2015. Utkast til forskrift som gjer direktivet til norsk rett, vert etter planen sendt på brei høyring hausten 2005. Ei innleiande kartlegging har identifisert dei områda innafor kvar vassregion der ein vil ha størst problem med å oppfylle måla i direktivet. I 2006 tek ein sikte på å ta fatt på den meir fullstendige kartlegginga av tilstandar i vassførekomstane, og starte arbeidet med miljømål, overvakingsprogram, tiltaksprogram og forvaltningsplanar for dei første vassområda.

Direktivet vil òg vere utgangspunktet for revisjonen av resultatmålet for overgjødsling, som i dag berre gjeld Nordsjøområdet. Utsleppa frå kommunal avløpssektor skal regulerast av nytt avløpsregelverk som blant anna er bygd på EUs avløpsdirektiv. Siktemålet er at regelendringane skal vere fastsette i løpet av 2005.

Reduserte skadar frå avfall og auka ressursutnytting

Det er eit mål å syte for at skadane frå avfall blir så små som mogleg på menneske og miljø, samtidig som ressursane i avfallet skal utnyttast. Miljøvernforvaltinga skal medverke til rammevilkår som fører til at minst 75 pst. av den genererte avfallsmengda går til attvinning innan 2010, med ei vidare opptrapping til 80 pst. Dermed vil miljøbelastningane bli reduserte, samtidig som avfallet kan utnyttast som den ressursen det faktisk er. Det kan visast til ei svært positiv utvikling på avfallsfeltet dei siste åra. I dag blir opp mot 70 pst. av avfallet anten gjenvunne som material eller utnytta til energi, mens utsleppa frå avfall er betydeleg reduserte.

Likevel gjenstår det viktige utfordringar. Farleg avfall utgjer ei særleg utfordring, både i høve til å redusere mengda farleg avfall som oppstår, såkalla kvalitativ avfallsreduksjon, og ikkje minst i høve til å redusere mengda farleg avfall som blir dumpa eller behandla utanom styresmaktene sin kontroll. Regjeringa vil derfor forsterke innsatsen knytt til farleg avfall.

Framleis blir det deponert om lag 1 million tonn nedbryteleg avfall, og det skaper store utslepp av klimagassen metan. Regjeringa vil gi avfallsfeltet ei meir sentral rolle i klima- og energipolitikken, og tek blant anna sikte på å forby deponering av alt nedbryteleg avfall frå 2009. Avfall som blir nytta til energi kan erstatte fossilt brensel og samtidig redusere klimagassutslepp frå deponering.

Likeverd og tilgjenge, ein del av eit berekraftig samfunn.

Likeverd for alle grupper i samfunnet er ein viktig dimensjon i eit berekraftig og demokratisk samfunn. Som oppfølging av St.meld. nr. 40 (2002 – 2003) Nedbygging av funksjonshemmende barrierer la Regjeringa i november 2004 fram Handlingsplan for økt tilgjengelighet for personer med nedsatt funksjonsevne – plan for universell utforming innen viktige samfunnsområder. Handlingsplanen gjeld for perioden 2005 – 2009.

Handlingsplanen inneheld meir enn 100 tiltak og skal utviklast vidare. 15 departement har ansvar for å setje i verk tiltak innafor sin sektor. Tiltak innafor transport, bygg, uteområde og IKT er høgt prioriterte. Tiltaka er retta mot ulike forvaltningsnivå, offentlege og private instansar og organisasjonar. Nokre tiltak vil gjelde internasjonalt arbeid. Døme på sektorovergipande og fleirårige tiltak i handlingsplanen er opplæring innafor offentleg sektor på alle nivå, fjerning av hindringar som lokalsamfunna opplever som alvorlege, og pilotkommunar som utviklar universell utforming som lokal strategi.

Miljøverndepartementet i samråd med Arbeids- og sosialdepartementet samordnar oppfølginga av planen. Statssekretærutvalet for den sameinte politikken for funksjonshemma gir rammer. Handlingsplanen skal evaluerast.

Innafor Miljøverndepartementets resultatområde er det sett i verk tiltak som gjeld universell utforming og betre tilgjenge innafor felta friluftsliv, kulturminne, forureining, kommunal planlegging gjennom utvikling av regelverk og rettleiing, lokalt arbeid med berekraftig utvikling, by- og tettstadutvikling, geografiske data og informasjon.

Betre miljø i byar og tettstader

St.meld. nr. 23 (2001-2002) Bedre miljø i byer og tettstederblir følgt opp gjennom pilotprosjekt på sentrale område. Arbeidet omfattar byomforming, utvikling av sentrumsområde og miljøsoner i større byar. Det skjer i samarbeid med kommunar, lokalt næringsliv og befolkninga. Regjeringa legg opp til å føre vidare innsatsen for å betre miljøet i Groruddalen, blant anna med tiltak for meir miljøvennleg transport og forbetring av grøntområde og kulturmiljø. Formidling av erfaringane frå programmet for utvikling av miljøvennlege og attraktive tettstader i distrikta skal halde fram etter avslutninga i 2005. Regjeringa vil setje i verk tiltak for å måle miljøtilstanden i dei største byane. Arbeidet med Bymiljøprisen vil halde fram.

Eit meir effektivt lokalt miljøvern

Ein styrkt lokal miljøinnsats er ein viktig del av Regjeringas miljøvernpolitikk. Gjennom blant anna MIK-satsinga og LA 21-arbeidet i kommunane finst det mykje røynsle og kunnskap. Regjeringa ønskjer å vidareutvikle og overføre denne kunnskapen til flest mogleg kommunar, slik at dei ser handlingsrommet og gjennomfører miljøretta tiltak. Prioriterte tema er blant anna arealpolitikken, innkjøpspolitikken, klima og energi, biologisk mangfald, kulturminne og kulturmiljø og livskvalitet, folkehelse og friluftsliv.

Som varsla i St.meld. nr. 21 (2004 – 2005) Regjeringens miljøvernpolitikk og rikets miljøtilstandvil arbeidet med å etablere læringsnettverk starte i 2006. Nettverksgrupper av kommunar skal arbeide med konkrete tiltak innafor dei prioriterte miljøområda i mindre nettverk leia av KS, med miljøfagleg bistand frå ei rekkje aktørar. Arbeidet vil skje etter modell frå effektiviseringsnettverka. Det vil bli lagt vekt på formidling av gode eksempel og å utvikle verktøy og verkemiddel som integrerer miljøvern i kommunanes ordinære plan- og styringssystem.

Internasjonal innsats for miljøvern

Stadig fleire avgjerder som er viktige for den norske miljøtilstanden og den norske miljøvernpolitikken, blir tekne utanfor landets grenser. Samtidig er dei alvorlegaste miljøutfordringane globale, og for å løyse dei er det naudsynt å styrkje det forpliktande internasjonale samarbeidet både i og utanfor organisasjonar som har miljø som hovudoppgåve. Regjeringa vil leggje vekt på å sjå dei internasjonale utfordringane samla.

Omsynet til å oppfylle og vidareutvikle internasjonale plikter i miljøvernavtaler skal ha høg prioritet. Dette gjeld særleg innafor klima, biologisk mangfald og miljøgifter, og det vil vere eit viktig samarbeidsområde både i internasjonale organisasjonar og i høve til samarbeidslanda våre. Det er viktig å bruke dei internasjonale miljøfora til å identifisere mål og verkemiddel, til å vurdere miljøtilstand og til å gjere analysar. Det er vidare viktig å sikre at andre internasjonale organisasjonar og avtaler utanfor miljøfeltet integrerer omsynet til miljøet, og ikkje avgrensar våre plikter og våre moglegheiter til å setje i verk nasjonale miljøtiltak.

EU er vår viktigaste samarbeidspartnar på miljøområdet. Noreg overtek 80 pst. av EUs miljølovgjeving gjennom EØS-avtala. Miljøverndepartementet legg derfor vekt på å kunne påverke regelverk som er under utvikling i EU. Noreg vil arbeide for å styrkje miljøprogrammet i FN (UNEP) for på sikt å kunne oppgradere programmet til ein særorganisasjon. Det er viktig blant anna for å gjere UNEP betre i stand til å ha ei sterkare politisk rolle i det globale miljøsamarbeidet. Regjeringa skal syne verdien av å satse på miljø i kampen mot fattigdom, og her vil Miljøkonvensjonane blant anna vere viktige instrument. Miljø er òg eit satsingsområde i vårt bilaterale og regionale miljøsamarbeid gjennom EØS-finansieringsordningane, «Miljø for Europa»-arbeidet og miljøbistand.

Ei viktig satsing i 2006 vil vere den norske formannskapen i Nordisk Ministerråd. Prioriterte miljøområde vil vere Arktis og lokaldemokrati og medverking i miljø- og berekraftarbeidet.

Oppfølging av St.meld. nr. 30 (2004-2005) Muligheter og utfordringer i nord, vil vere ei spesielt prioritert oppgåve. Berekraftig utvikling i nord inneber ei fornuftig forvaltning av ressursane og bevaring av biologisk mangfald. Regjeringa vil møte miljøutfordringane med strenge miljøkrav og høge standardar for ressursutnytting og annan aktivitet i nordområda. I lys av den auka oljetransporten frå Nordvest-Russland og forventingane om omfattande petroleumsverksemd i Barentshavet, vil det bli lagt særleg vekt på samarbeid med Russland om økosystembasert forvaltning av havmiljøet og innføring av miljøstandardar.

Samfunnstryggleik og beredskap

I beredskapssamanheng har miljøvernforvaltninga i hovudsak ei sekundær rolle. Hovudoppgåva er å gi informasjon til statlege eller private aktørar om korleis ulike hendingar og situasjonar kan påverke det ytre miljøet. Ein stor katastrofe fører ofte til ei informasjonskrise. Departementet har teke eit heilskapleg grep om beredskapsarbeidet, og er i dialog med Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap for å vere best mogleg budd på ein slik situasjon. Departementet arbeider med å oppgradere infrastrukturen og planverket, og med gjennomføringa av ei intern kriseøving. Etatane arbeider med å oppdatere varslingslistene sine og gjere ferdig beredskapsplanane sine.

Rett til miljøinformasjon

Rett til miljøinformasjon er gitt eit særskilt vern i grunnlova og er eit heilt sentralt verkemiddel i miljøvernpolitikken. For å styrkje denne retten vart det vedteke ei ny samla lov om rett til miljøinformasjon og deltaking i offentlege avgjerdsprosessar med innverknad på miljøet (miljøinformasjonslova), som trådde i kraft 1. januar 2004. Lova inneber ei plikt for både offentlege styresmakter og offentlege og private verksemder til å gi ut miljøinformasjon.

For å bidra til å sikre at lova blir overhalden har Regjeringa oppnemnt ei eiga uavhengig klagenemnd som trådde i funksjon 1. januar 2004. Klagenemnda for miljøinformasjon behandlar klager over avslag på innsyn hos private verksemder. Klage over avslag på miljøinformasjon frå offentlege organ følgjer offentleglovas system med klage til overordna organ.

Kunnskapsbasert miljøvernpolitikk

Arbeidet for berekraftig utvikling krev eit godt kunnskapsgrunnlag om naturressursar og miljø. Kartlegging, overvaking og forsking gir ny kunnskap, samtidig som ulike aktørar må dele kunnskap om samanhengar og trugsmål. Oppbygging av kunnskap gjennom forsking og overvaking har vore viktig for mange nyvinningar på miljøområdet, f.eks. for det forpliktande internasjonale samarbeidet for reduksjon av sur nedbør.

Miljøforskinga gjer oss merksame på nye miljøtrugsmål og set søkjelyset på samanhengar mellom menneskeleg aktivitet og miljøtilstanden. Forskingsresultat er derfor viktige for utviklinga av miljøvernpolitikken, så vel nasjonalt som internasjonalt. Det blir derfor lagt stor vekt på at forskingsresultata blir formidla på ein god måte både til forvaltning og andre. Forskinga er òg eit viktig fundament for å utvikle miljøovervakinga, ved at denne kan skje målretta og kostnadseffektivt.

Miljøverndepartementets rolle i miljøvernpolitikken

Ei vellukka gjennomføring av miljøvernpolitikken avheng både av at dei einskilde sektorane tek ansvar og av at Miljøverndepartementet får fylle si rolle som sektorovergripande samordnar av Regjeringas miljøvernpolitikk. Regjeringa legg vekt på å styrkje og føre vidare denne rolla.

Sektoransvaret inneber at alle departementa har ansvar for at verkemiddel og tiltak på eige område ikkje gir unødige miljøbelastningar og for at miljøomsyn blir integrerte i den fortløpande politikken på sektoren. (Sjå kapittel 2 for ei nærare omtale av miljøtiltak under andre departement)

Dei sektorovergripande verkemidla skal medverke til at miljøtiltaka i dei ulike sektorane blir sett i samanheng. Slike overgripande verkemiddel er til dømes tillagt miljøstyresmaktene gjennom ansvaret for forureiningslova, naturvernlova, for utarbeiding av ei ny biomangfaldlov og for ei lov om kvotesystem for klimagassar.

Dei sektorovergripande verkemidla skal òg gi legitimitet og tillit til avgjerdsprosessar der sterke særinteresser er involverte.

Det er ei særlig viktig oppgåve å utforme sektorovergripande miljøkvalitetsmål og å avverge og samordne dei ulike interesser innafor rammene av desse miljømåla. Dette kjem t.d. klart fram ved at Miljøverndepartementet har fått hovudansvaret for å utarbeide heilskaplege forvaltningsplanar, i første omgang heilskapleg forvaltningsplan for Barentshavet og havområda utenfor Lofoten.

2 Miljøpolitiske satsingar på andre departement sine område

Miljøomsyn må integrerast i alle delar av samfunnet dersom vi skal få til ei berekraftig utvikling med lågare miljøbelastning og redusert ressursbruk. Dette stiller krav både til utforminga av den overordna økonomiske politikken og til politikken i dei einskilde samfunnssektorane. Samstundes må tiltak og verkemiddel i sektorane samordnast og tilpassast kvarandre. På denne måten har alle departementa eit miljøpolitisk ansvar og eit ansvar for at aktiviteten på deira område ikkje gir unødige miljøbelastningar.

Departementa skal drive miljøarbeid på grunnlag av Regjeringas overordna miljøvernpolitiske mål. Desse måla er nærare omtalt i Del II. Alle departementa utarbeidde i åra 1998 – 2002 eigne miljøhandlingsplanar der dei m.a. gjer greie for korleis dei vil bidra i arbeidet for å verkeleggjere måla.

Tabellen nedanfor viser departementsvis fordeling av utgifter til miljøverntiltak i statsbudsjettet for 2006. Miljøverntiltak er i denne samanhengen definert og avgrensa på følgjande måte:

  • utgiftene må i sin heilskap nyttast til miljøforbetringar, eller

  • miljøomsynet må vere avgjerande for at tiltaket/prosjektet blir gjennomført, eller

  • utgiftene skal motverke negative miljøeffektar av sektorpolitiske tiltak elles (førebyggjande tiltak)

I departementa sine eigne budsjettproposisjonar blir det gjort greie for miljøsatsingane på dei einskilde sektorane i 2006. For nærare omtale blir det vist til desse.

Miljøvernpolitikken kjem til uttrykk ikkje berre gjennom løyvingar og budsjettpostar. Arbeid for eit betre miljø omfattar òg avgjerder som ikkje har direkte budsjettkonsekvensar. Dette kan vere å hindre miljøskadelege inngrep i naturen, reformer og regelendringar som skal gjere det lettare å ta miljøomsyn i offentleg og privat planlegging, skattar og avgifter på miljøskadeleg produksjon og forbruk m.m. Det vil dessutan alltid vere eit betydeleg innslag av skjønn i slike oppstillingar. Mange tiltak har fleire grunngjevingar og skal medverke til å nå ulike mål, noko som kan gjere det vanskeleg å skilje ut miljødelen på ein eintydig måte. Endra definisjonar eller omorganiseringar i departementa kan òg føre til at tala ikkje fullt ut kan jamførast frå eitt år til det neste. Tala i tabellen må derfor tolkast med varsemd.

På dette grunnlaget er dei samla løyvingane til miljøverntiltak i statsbudsjettet for 2006 sett til 20 586,1 mill. kroner. Dette er ein auke på 1 433,7 mill. kroner frå 2005, da dei tilsvarande løyvingane utgjorde 19 152,4 mill. kroner.

Fiskeri- og kystdepartementets budsjett er det sett av 605,6 mill. kroner til miljøtiltak i 2006. Dette er ein auke på vel 20 mill. kroner i høve til 2005. Det vil bli lagt vekt på kartlegging og overvaking av biologisk mangfald. Dette er ei oppfølging av Regjeringas handlingsplan for biologisk mangfald, jf. St.meld. nr. 42 (2000-2001) Biologisk mangfold – Sektoransvar og samordning og EUs rammedirektiv for vatn. Fiskeri- og kystdepartementet vil i samarbeid med Miljøverndepartementet etablere eit overvakings- og evalueringsprogram for å følgje opp ordninga med nasjonale laksevassdrag og laksefjordar. Arbeidet med forvaltningsplanen for Barentshavet blir ført vidare. Fiskeri- og kystdepartementet prioriterer òg å styrkje tryggleiken til sjøs for å redusere risikoen for forureiningar frå sjøtransporten. I samarbeid med Miljøverndepartementet og oppdrettsnæringa vil departementet arbeide for å redusere bruken av kjemikaliar i denne næringa.

Landbruks- og matdepartementet aukar den budsjetterte miljøinnsatsen i 2006 til 4 396 mill. kroner. I 2005 var tilsvarande tal 4 342,5 mill. kroner. Den langt største delen av desse løyvingane (88 pst.) går over jordbruksavtala. Her utgjer areal- og kulturlandskapstilskotet den største einskildposten.

Samferdselsdepartementets budsjett er det sett av 7 625 mill. kroner til miljørelaterte tiltak i 2006, mot 7 142 mill. kroner i 2005. Regjeringas satsing på kollektivtransport held fram. Til vedlikehald og investeringar i jernbanenettet blir det brukt 4,36 mrd. kroner i 2006. Nytt dobbeltspor for jernbanen på strekninga Sandvika-Asker vart teke i bruk i august i år. Den vidare utbygginga vest for Oslo vil halde fram, i første omgang med prosjektet Lysaker stasjon. I 2006 vil T-baneringen i Oslo, der staten har medverka økonomisk, bli fullførd. Arbeidet med Bybanen i Bergen vil starte opp. Her er òg staten inne på investeringssida. Det blir i tillegg oppstart av arbeidet med dobbeltspor for jernbanen mellom Stavanger og Sandnes. Alle desse tiltaka vil styrke kollektivtrafikken i storbyområda, noko som er heilt avgjerande for å redusere miljøproblema frå vegtrafikken. Løyvinga til statleg kjøp av persontransporttenester frå NSB vil få ein liten auke i 2006. Beløningsordninga for byar som kan vise til gode resultat i arbeidet med å styrkje kollektivtransporten vil bli ført vidare med 150 mill. kroner.

Arbeidet med å avdekkje og å motverke miljøkriminalitet er ei viktig oppgåve for Justisdepartementetog heile justissektoren. Politiet skal førebyggje og halde oppsyn og reagere raskt på brot på miljøvernlovgivinga. Alvorleg miljøkriminalitet skal ha høg prioritet. Politidirektoratet har utarbeidd ein tiltaksplan for kampen mot miljøkriminalitet. Samarbeid med andre etatar, organisasjonar og institusjonar vil vere ein viktig del av politiarbeidet på dette feltet. I 2006 vil miljøspørsmål stå særleg sentralt i fleire av Justisdepartementets lovgjevingsarbeid, m.a. om norsk oppfølging av EU-kommisjonens forslag til direktiv om høve til domstolprøving i miljøsaker (COM (2003) 624) Samla bruker Justisdepartementet knapt 77 mill. kroner til miljøtiltak i 2006. Denne summen omfattar óg det miljøretta arbeidet til Sysselmannen på Svalbard, som har viktige oppgåver i forvaltninga av det strenge miljøregelverket som gjeld her.

Olje- og energidepartementets budsjett er det sett av vel 405 mill. kroner til miljøtiltak i 2006, mot vel 337 mill. kroner i 2005. Den største auken kjem på Gassnova, verksemda som koordinerer statleg satsing og stønad til utvikling av miljøvenleg, framtidsretta og kostnadseffektiv gasskraftteknologi. Det er òg ein auke i løyvingane til energi- og miljøforsking i regi av Noregs forskingsråd.

Forsvarsdepartementets budsjett er det sett av til saman 611,3 mill. kroner til miljøtiltak i 2006, mot vel 506 mill. kroner i 2005. Auken kjem i hovudsak frå omfattande tiltak mot støy ved Bodø hovudflystasjon.

Barne- og familiedepartementet aukar sine miljøløyvingar frå 4 mill. kroner i inneverande år til 5 mill. kroner i 2006. Prioriterte oppgåver er m.a. arbeidet med miljømerking og best mogleg samordning mellom miljømerkeordninga Svanen og EU-blomsten. Ein vil óg vurdere prosjekt som sikter mot å gje forbrukarane informasjon om etiske og miljømessige aspekt ved varer og tenester. Dette er viktig i samband med arbeidet for berekraftig produksjon og forbruk.

Tabell 2.1 Miljøverntiltak i statsbudsjettet 2006. (i mill. kroner)

Departement:

Budsjett 20051

Forslag 2006

Arbeids- og sosialdepartementet 2

-

Barne- og familiedepartementet

4,0

5,0

Finansdepartementet

7,1

7,8

Fiskeri- og kystdepartementet

584,9

605,6

Forsvarsdepartementet

506,7

611,3

Helse- og omsorgsdepartementet

103,0

103,0

Justisdepartementet

73,3

76,9

Kommunal- og regionaldepartementet

63,0

59,0

Kultur- og kyrkjedepartementet

549,9

631,1

Landbruks- og matdepartementet

4 342,5

4 396,0

Miljøverndepartementet 3

2 506,5

3 174,5

Moderniseringsdepartementet 45

160,0

171,4

Nærings- og handelsdepartementet

271,2

252,2

Olje- og energidepartementet

337,3

405,4

Samferdsledepartementet

7 142,07 625,0

Utanriksdepartementet 6

2 016,0

1 963,7

Utdannings- og forskingsdepartementet

485,0

498,5

Sum alle departementa

19 152,4

20 586,1

1  Denne kolonnen inneheld tal både frå budsjettproposisjonen 2005 og frå saldert budsjett. For nokre departement kan det vere visse avvik mellom desse tala.

2  Arbeids- og sosialdepartementet har ikkje budsjettpostar som fell inn under miljøomgrepet slik det her er definert.

3  Miljøverndepartementets budsjettal omfattar her berre halvdelen av utgiftene til Statens Kartverk. Årsaka til dette er at denne etaten tenar ei rekkje føremål i tillegg til dei miljøfaglege.

4  Tala omfattar ikkje Statsbygg/rehabilitering av verneverdige statlege bygningar. Enøk-tiltak i regi av Statsbygg er tekne med.

5  Omfattar òg utgifter til drift av fylkesmannens miljøvernavdeling (for 2006 ca. 160 mill. kroner)

6  Norsk bistandspolitikk byggjer på standardar som er fastsette i OECD/DAC. Definisjonen av miljøverntiltak avvik noko frå Miljøverndepartementets definisjon.

Miljøverntiltak på andre departement sine budsjett er nærare omtalt i budsjettproposisjonane frå dei einskilde departementa. Her vil ein finne ei omtale av:

  • utfordringar knytte til miljø- og ressursforvaltning på departementet sitt ansvarsområde

  • mål for departementet sitt arbeid med desse utfordringane

  • oppnådde resultat i 2004

  • ressurs- og miljøtiltak i budsjettforslaget for 2006.

3 Organisasjonsendring, fornyingsarbeid og likestilling

3.1 Organisering

Miljøverndepartementet er overordna styresmakt for Statens kartverk, Statens forureiningstilsyn, Direktoratet for naturforvaltning, Riksantikvaren, Norsk Polarinstitutt, Produktregisteret og Norsk kulturminnefond. Det statlege miljøvernarbeidet blir regionalt ivareteke av miljøvernavdelingane hos Fylkesmannen og sysselmannen på Svalbard. Etatar som Statens strålevern, Sjøfartsdirektoratet og Innovasjon Noreg har oppgåver innafor miljøvernområdet som Miljøverndepartementet styrer.

Det har ikkje vore store endringar i organiseringa av miljøvernforvaltninga i perioden, men organisasjonen til Statens kartverk har hatt ei stor omlegging frå hausten 2003 fram til våren 2004, jf. St.meld. nr. 30 (2002-2003) « Norge digitalt» – et felles fundament for verdiskaping. Konsekvensane er gjort greie for under programkategori 12.50 om Kart og geodata.

Produktregisteret har som hovudoppgåve å samle inn informasjon om innhald av farlege kjemikaliar i kjemiske produkt. Statens forureiningstilsyn er den største brukaren av registeret. Ei nærare tilknyting mellom registeret og den største brukaretaten er venta å gi betre og meir effektiv drift av registeret og bidra til auka effektivitet i kjemikalieforvaltninga.

Produktregisteret og Statens forureiningstilsyn skal derfor vurdere høvet til å integrere Produktregisteret i Statens forureiningstilsyn. Aktuelle aktørar vil bli konsulterte i denne prosessen.

Årsverksoversikt

Ei samla årsverksoversikt pr. 1. mars 2005, fordelt på Miljøverndepartementet og underliggjande etatar, finst i tabell 5.1 under kap. 5.

3.2 Oversikt over fornyingsarbeidet

Enklare regelverk

Rydding og samordning av regelverk gjer det meir tilgjengeleg for den enkelte brukar, noko som igjen kan medføre spart tid og vinst for miljøet. Miljøverndepartementet har gjennomført eit omfattande forenklingsarbeid innafor sitt eige regelverk ved at det 1. juli 2004 trådde i kraft tre forskrifter om forureining, produkt og avfall. Forskriftene erstattar 50 tidlegare forskrifter på området. Forureiningsstyresmaktene vil oppdatere kommentarstoff og rettleiingar til regelverket for å gjere regelverket endå meir brukarvennleg.

Miljøverndepartementet er i ferd med å utarbeide generelle forureiningskrav til industrien som skal erstatte fleire hundre enkeltløyve. Det vil bli stilt spesifikke bransje- og prosesskrav. Arbeidet er svært omfattande og er av den grunn forseinka. Det er teke sikte på at høyring av føresegnene kan skje i løpet av 2005.

Det er fremja endringar i føresegnene om konsekvensutgreiing som følgje av EU-direktiv på området. Lovendringane og nye forskrifter er sette i verk i 2005. Regjeringa har vedteke at det skal startast eit arbeid med ein lovproposisjon om ein ny plandel i plan- og bygningslova. Det er ikkje fastsett ein endeleg tidsplan for arbeidet, men ein proposisjon vil bli fremja for Stortinget tidlegast våren 2006.

Byggsøk Plan

I 2006 vil det bli sett i verk ei driftsløysing for Byggsøk Plan i Statens Bygningstekniske etat, som vil leggje til rette for elektronisk planlegging i kommunar og hos private planleggjarar. Samtidig blir det no arbeidd med å utvikle gode løysingar for å gi tilgang på digitale plandata og anna nødvendig temainformasjon.

Omstrukturering av Statens kartverk

Statens kartverk har hovudansvaret for å gjennomføre dei fleste tiltaka som vart lagt fram i St.meld. nr. 30 (2002-2003) «Norge Digitalt – et felles fundament for verdiskaping». Eit hovudgrep er å etablere Noreg digitalt som driftsløysing, der datainnhald, medverkande partar, økonomi og avtaler blir avklarte, slik at Noreg digitalt er fullt ut operativt og inne i budsjetta til medverkande etatar frå 2005. Kartverket har følgt opp St.meld. nr. 30 (2002-2003) ved å effektivisere verksemda, bl.a. ved å redusere talet på distriktskontor frå 18 til 12 og redusere bemanninga sentralt og regionalt frå 600 til 450. Dette skal etter kvart gi rom for auka kjøp av tenester og større fleksibilitet i arbeidet med produksjon av data.

Arbeidet med innføringa av tinglysinga i Statens kartverk blir ført vidare, og skal vere sluttført i 2007.

Vidareutvikling av produktregisteret

Produktregisteret og Giftinformasjonen samarbeider om å utarbeide elektronisk deklarering av farlege kjemikaliar. Vidare samarbeider dei nordiske produktregistra om deklarering og formidling av data.

Grøn stat

Grøn stat er eit prosjekt for å integrere miljøomsyn i drifta av statlege verksemder gjennom eit enkelt system for miljøleiing, integrert i det generelle styringssystemet. Fire hovudsatsingsområde er: innkjøp, transport (IKT), energi og avfallshandtering. Tilsvarande prosjekt er sette i gang i fleire OECD-land. Miljøleiing blir i aukande grad brukt også i det private næringslivet.

Målet er at innan utgangen av 2005 skal alle statlege etatar og verksemder ha innført miljøleiing som ein integrert del av styringssystemet. Gjennom prosjektet skal verksemdene enklare kunne ta miljøomsyn i eiga drift og oppfylle pliktene sine etter lov om offentlege kjøp og ny lov om miljøinformasjon. For nærare omtale sjå resultatområde 11.

Forenkling av rovviltforvaltninga

Rovviltforvaltninga er siste året forenkla og effektivisert gjennom oppfølginga av St.meld. nr. 15 (2003-2004) Rovvilt i norsk natur, jf. Innst. S. nr. 74 (2003-2004). All regional mynde er frå 1. april 2005 samla i åtte nye rovviltnemnder, mens tidlegare fylkesvise rovviltutval, jervenemnder og gaupenemnder er lagt ned.

Miljøverndepartementet har utarbeidd ei samordna forskrift om forvaltning av rovvilt. Dette forvaltningsområdet var tidlegare regulert i fleire ulike forskrifter.

Forenkling og effektivisering i forvaltninga av vilt- og innlandsfiskeressursar som kan haustast

Målet er at forvaltninga av desse ressursane i størst mogleg grad skal utøvast lokalt, slik at rettshavarane får eit større ansvar for forvaltninga av vilt- og fiskeressursar innafor rammer som sikrar nasjonale målsetjingar. Forskriftene på dette området skal bli færre, enklare og kortare og skal i større grad fokusere på overordna mål som berekraftig hausting, fordelingspolitikk, kultur- og næringsutvikling. Som del av omlegginga skal den offentlege forvaltninga i større grad drive med målstyring, kvalitetssikring og kontroll i forhold til oppsette mål.

Forsøk med kommunal oppgåvedifferensiering på kulturminneområdet

Forsøk med kommunal oppgåvedifferensiering er sette i gang i kommunane Bergen, Stavanger og Kristiansand. Målet med forsøka er å prøve ut modellar som kan gi ei betre og meir effektiv kulturminneforvaltning. Forvaltningssystemet skal forenklast, ansvar skal gjerast tydeleg og det skal ytast betre service til brukarane. Frå 1. januar 2004 er det overført ansvar og oppgåvemynde frå fylkeskommunen og staten til dei tre utvalde forsøkskommunane på heile kulturminneområdet. Forsøksordninga varer til 31. desember 2007.

3.3 Rapport om likestilling i miljøvernforvaltninga

Miljøvernforvaltninga er gjennom likestillingslova pålagt ei målretta og planmessig rolle for likestilling.

Likestilling internt i Miljøverndepartementet

Fordeling kvinner og menn

Kjønnsfordelinga i Miljøverndepartementet er 60 pst. kvinner og 40 pst. menn. Kjønnsfordelinga i avdelingane er stort sett jamn, men innan enkelte fagområde er det overrepresentasjon av eitt av kjønna. Ei forklaring kan vere at enkelte fagområde tradisjonelt er kvinne- eller mannsdominerte.

Det er noko fleire menn i leiarstillingar i departementet. På toppleiarnivå (departementsråd og ekspedisjonssjefar) er det tre (43 pst.) kvinner og fire (57 pst.) menn. På mellomleiarnivå (avdelingsdirektør og underdirektør) er det 48 pst. kvinner og 52 pst. menn. I gruppa høgtlønte rådgivarar (spesialrådgivar og seniorrådgivar) er det 45 pst. kvinner og 55 pst. menn. På saksbehandlarnivå (rådgivar, førstekonsulent og arkivleiar) er det 65 pst. kvinner og 35 pst. menn. For kontorstillingar er fordelinga 88 pst. kvinner og 12 pst. menn.

Rekruttering og omorganisering er viktige verkemiddel for å få jamnare fordeling av kjønn på ulike fagområde og nivå i organisasjonen.

Rekruttering

Ein gjennomgang av alle eksternt kunngjorde stillingar i 2004 viste at av den totale søkjarmassen var 58 pst. kvinner og 42 pst. menn. Av kandidatane som vart kalla inn til intervju var 71 pst. kvinner og 29 pst. menn. Av desse vart 12 kvinner og 2 menn tilsette. Departementet tilsette 2 kvinner i eksternt utlyste leiarstillingar i 2004.

Lønn

Leiarar på ekspedisjonssjef- og avdelingsdirektørnivå har jamn fordeling av lønn mellom kvinner og menn. Tilsvarande jamn fordeling finn vi for høgtlønte rådgivarar og saksbehandlarnivå. Det er heller ikkje lønnsforskjellar mellom kvinner og menn på kontornivå.

Totalt i departementet har menn ei gjennomsnittleg årslønn som er noko høgare enn kvinnene. Differansen i lønn mellom kvinner og menn skuldast hovudsakleg at det er fleire kvinner enn menn i lågare lønte stillingar som på kontornivå, og at det er fleire menn i høglønte seniorrådgivarstillingar. I lokale lønnsforhandlingar etter hovudtariffavtala pkt. 2.3.3 hausten 2004 gjekk 50,1 pst. av forhandlingspotten til kvinnene. Det vart i 2004 forhandla for 16 kvinner og 4 menn etter hovudtariffavtala pkt. 2.3.4. For 10 kvinner og 4 menn medførte forhandlingane omgjering til høgare stillingskode.

Arbeidstid

85 pst. av dei som jobbar deltid er kvinner. Mange av desse har mellombels redusert fulltidsstillinga si. Overtidsbruken fordeler seg jamt mellom kvinner og menn.

Tiltak som er sette i verk

Eit hovudmål i lønns- og personalpolitikken er å medverke til likestilling mellom kjønna. Under dei lokale lønnsforhandlingane er det prioritert å skape jamn lønnsfordeling mellom kvinner og menn. Rekruttering er eit viktig verkemiddel for jamnare fordeling av kjønn på ulike nivå i organisasjonen. I utlysingstekst som gjeld leiarstillingar blir kvinner oppmoda til å søkje dersom kvinner er i mindretal.

Miljøverndepartementet deltek i mentorprogram for yngre kvinnelege leiarar i regi av Statskonsult. Programmet tek sikte på å utvikle unge leiarar gjennom ein dialog med ein meir erfaren leiar. Metoden legg vekt på rettleiing og vekst gjennom diskusjon og samtale om leiarutfordringar.

Planlagde tiltak

Vi vil vidareføre og utvikle dei tiltaka som er sette i verk og som er nemnde ovanfor. I tillegg vil departementet vurdere å bruke utlysingstekstar som oppmodar anten menn eller kvinner til å søkje ledige stillingar innafor fagområde der kjønnet deira er underrepresentert.

Departementet vil også vurdere å utvikle eit rapporteringssystem som viser bruk av midlar til kompetansehevande tiltak fordelt på kjønn.

Kjønnsfordeling i statlege råd og utval

Lågutslepputvalet

Lågutslepputvalet vart oppnemnt i mars 2005. Hovudoppgåva for utvalet er å greie ut korleis Noreg kan oppnå betydelege reduksjonar av dei nasjonale utsleppa av klimagassar på lang sikt. Utvalet skal skissere scenario der dei nasjonale utsleppa blir reduserte med 50-80 pst. innan 2050. Utvalet har ei tidsramme på 18 månader. Det er like mange kvinner som menn i utvalet

Naturforvaltningsområdet

Ved innføring av ny ordning med 8 regionale rovviltnemnder frå desember 2004 vart det stilt krav frå Miljøverndepartementet om at alle nemndene skulle ha minimum 40 pst. kvinner. Dette er oppfylt. Ei kartlegging viser likevel at kvinner deltek i liten grad i andre statlege råd og utval på naturforvaltningsområdet. I 13 av totalt 23 villreinnemnder er det berre menn. Kvinnerepresentasjonen ligg på 40 pst. i 2 av nemndene, 25 pst. i 5 av nemndene og under 20 pst. i dei andre 3 nemndene.

Direktoratet for naturforvaltning har ansvar for tilsynsutval for verneområda på Hardangervidda, eitt i kvart av fylka Hordaland, Telemark og Buskerud. Tilsynsutvalet i Hordaland har totalt 9 representantar. Av desse er 3 kvinner. Buskerud har 5 representantar, av dei er 1 kvinne, og i Telemark er alle 5 representantane menn.

Fylkesmannen i dei ulike fylka har i varierande grad oppnemnt rådgivande utval eller tilsynsutval for ulike verneområde og forskjellige typar samarbeidsråd og kontaktutval. Det er kommunar og organisasjonar som foreslår medlemmer til desse utvala. Av totalt 21 ulike råd/tilsynsutval fordelte på 11 fylke tilfredsstiller 2 av utvala kravet om 40 pst. kvinner. I 3 av utvala er det berre menn. I 12 av utvala er kvinnerepresentasjonen under 20 pst. Det er gjennomgåande noko betre kvinnerepresentasjon blant varamedlemmene.

I alle dei råd og utval som er kartlagt er det kommunar og organisasjonar som foreslår medlemmene. Det er i dag i lita grad lagt føringar for koordinering mellom kommunar og organisasjonar for å sikre likestillingsspørsmål. Dette er noko av årsaken til at det ikkje alltid er lett for Direktoratet for naturforvaltning og Fylkesmannen å følje opp likestillingslova. For å få velfungerande råd og utval med høg grad av legitimitet lokalt og regionalt er det viktig at forslag til medlemmer framleis kjem frå brukarar og interessentar for det arbeidet rådet/utvalet skal gjennomføre. Det er likevel nødvendig å leggje inn føringar i denne prosessen som også sikrar oppfølging av likestillingslova. Ein utveg er å be kommunar og organisasjonar om alltid å foreslå ei kvinne og ein mann.

Kartlegginga viser at det er behov for å betre oppfølginga frå departementet overfor ytre etatar og fylkesmannen for å sikre at likestillingslovas krav til representasjon av kvinner i statlege råd og utval oppnemnde at ytre etatar og fylkesmenn blir oppfylt i større grad. Departementet vil ta dette opp i styringsdialogen med Direktoratet for naturforvaltning og med fylkesmennene.

Likestilling i Miljøverndepartementets underliggjande etatar

Miljøverndepartementets underliggjande etatar har likestillingskrav i sine tildelingsbrev med tilhøyrande rapportering, bl.a. på sine måltal for kvinner i leiande stillingar.

4 Om oppfølging av oppmodningsvedtak frå Stortinget

Vedtak nr. 339, 13. mai 2004

Erstatningsordninga for rovviltskadar skal framleis liggje i Miljøverndepartementet. Ordninga skal innrettast slik at ein betydeleg del av erstatningane skal givast som førehandsutbetaling, som incentiv til å setje i verk førebyggjande tiltak, men det skal framleis givast skjønnsmessig erstatning for udokumentert tap.

Stortinget ber Regjeringa komme tilbake med endringar og utviding av den ordninga Regjeringa har foreslått, som tek omsyn til at det framleis er behov for skjønnsmessige erstatningsutbetalingar, basert på at mykje tap er vanskeleg å dokumentere på trass av at førebyggjande tiltak er sette i verk.

Stortinget ber Regjeringa komme tilbake til Stortinget med ei eiga sak om dette, seinast i samband med statsbudsjettet for 2006. Inntil ny ordning blir gjennomført, vil dagens ordning blir vidareført.

Miljøverndepartementet uttaler i brev 19. august 2004: «Regjeringen vil utvikle en ny erstatningsordning for rovviltskader i tråd med Stortingets føringer, og komme tilbake til spørsmålet senest i forbindelse med statsbudsjettet for 2006».

Regjeringa har, i tråd med Stortingets føringar i Innst. S. nr. 174 (2003-2004) om rovvilt i norsk natur presentert ordninga i Del II, omtale av resultatområda, resultatområde 1: Berekraftig bruk og vern av biologisk mangfald. Den nye erstatningsordninga for husdyr og tamrein, tekne av rovvilt, blir presentert. Ein viser også til omtale under post 1427.71 og 1427.72.

Vedtak nr. 428, 8. juni 2005

Stortinget har den 8. juni 2005 vedteke ei oppmodning til Regjeringa om å gjennomføre ei opptrapping av fondskapitalen i Norsk kulturminnefond slik at fondskapitalen kjem opp i 1,4 mrd. kroner i løpet av kommande stortingsperiode.

Miljøverndepartementet uttaler i brev av 26. august 2005: «Fondskapitalen ble fordoblet fra 200 til 400 mill.kroner i RNB 2005. Videre opptrapping vil skje på vanlig måte gjennom budsjettprosessene».

Fondskapitalen vart auka med 200 mill. kroner i samband med Stortingets behandling av St.prp. nr. 65 (2004-2005) Tilleggsbevilgninger og omprioriteringer i statsbudsjett medregnet folketrygden 2005. Fondskapitalen blir no foreslått auka med ytterlegare 400 mill. kroner og blir på i alt 800 mill. kroner.

Vedtak nr. 431, 8. juni 2005

Stortinget har den 8. juni 2005 vedteke ei oppmodning til Regjeringa som eit ledd i gjennomføringa av rammedirektivet for vatn, å leggje til rette for interkommunale prosjekt for å betre vasskvaliteten i forureina vassdrag i Noreg, og komme tilbake til Stortinget med dette i statsbudsjettet for 2006.

Miljøverndepartementet uttaler i brev 26. august 2005: «Regjeringen vil komme tilbake til saken i forbindelse med statsbudsjettet for 2006».

Utkast til regelverk for implementering av rammedirektivet for vatn vert etter planen sendt på høyring hausten 2005, og vil leggje til rette for aktiv lokal deltaking, og kommunar, representantar for interkommunalt samarbeid, lokale lag og foreiningar o.a. vil vere viktige aktørar. I denne samanhengen vil det i mange tilfelle vere naturleg å opprette lokale vassområdeutval som eit supplement til organiseringa på det regionale nivået.

Saka er nærare omtalt i under resultatområde 4 Overgjødsling og forureining –Verkemiddel.

5 Oversiktstabellar

5.1 Merknader til budsjettframlegget

Regjeringa foreslår ei samla løyving til Miljøverndepartementet på 3 413,1 mill. kroner. Nominelt er budsjettet auka med om lag 24,5 pst. Dette inkluderar auka grunnkapital til Norsk kulturminnefond på 400 mill. kroner som blir løyvd på 90-post.

Frå 2006 blir det innførd ei ordning med nøytral meirverdiavgift for staten jf. omtale i St.prp. nr. 1 (2005–2006) frå Finansdepartementet. Dette inneber ei generell nettoordning for budsjettering og rekneskapsføring av meirverdiavgift avgrensa til alle ordinære statlege forvaltningsorgan. Nettoordninga omfattar budsjettpostane 01-29 (untatt post 24) for statens eigne driftsutgifter mv. og budsjettpostane 30-49 for nybygg og anlegg mv. Ordninga er innretta slik at meirverdiavgifta knytta til innkjøp ol. under desse budsjettpostane frå og med 2006 blir budsjetterte på eit eige utgiftskapittel til dekning av meirverdiavgift i statsforvaltninga, kap. 1633 Nettoordning statleg betalt meirverdiavgift, post 01 Driftsutgifter. Det er rammeoverført 57,2 mill. kroner frå Miljøverndepartementet til dette utgiftskapitlet.

Framlegg til budsjett 2006 eksklusiv meirverdiavgift finst i tabellane under avsnitt 5.2. Den samla løyvinga til Miljøverndepartementet eksklusiv meirverdiavgift er på 3 355,9 mill. kroner.

5.2 Utgifter:

Utgifter under programkategori 12.10 fordelte på kapittel

 

(i 1 000 kr)

Kap.

Nemning

Rekneskap 2004

Saldert budsjett 2005

Forslag 2006

Pst. endr. 05/06

1400

Miljøverndepartementet (jf. kap. 4400)

344 600

334 667

456 808

36,5

1410

Miljøvernforsking og miljøovervaking (jf. kap. 4410)

313 408

315 412

333 485

5,7

Sum kategori 12.10

658 008

650 079

790 293

21,6

Utgifter under programkategori 12.20 fordelte på kapittel

 

(i 1 000 kr)

Kap.

Nemning

Rekneskap 2004

Saldert budsjett 2005

Forslag 2006

Pst. endr. 05/06

1425

Vilt- og fisketiltak (jf. kap. 4425)

66 033

70 200

65 885

-6,1

1426

Statens naturoppsyn (jf. kap. 4426)

91 810

100 656

97 317

-3,3

1427

Direktoratet for naturforvaltning (jf. kap. 4427)

464 397

537 772

512 632

-4,7

Sum kategori 12.20

622 241

708 628

675 834

-4,6

Utgifter under programkategori 12.30 fordelte på kapittel

 

(i 1 000 kr)

Kap.

Nemning

Rekneskap 2004

Saldert budsjett 2005

Forslag 2006

Pst. endr. 05/06

1429

Riksantikvaren (jf. kap. 4429)

226 834

252 313

294 930

16,9

1432

Norsk kulturminnefond (jf. kap. 4432)

13 405

13 000

416 700

3 105,4

Sum kategori 12.30

240 239

265 313

711 630

168,2

Utgifter under programkategori 12.40 fordelte på kapittel

 

(i 1 000 kr)

Kap.

Nemning

Rekneskap 2004

Saldert budsjett 2005

Forslag 2006

Pst. endr. 05/06

1441

Statens forureiningstilsyn (jf. kap. 4441)

599 279

605 213

633 657

4,7

1444

Produktregisteret

13 888

14 637

13 354

-8,8

1445

Miljøvennleg skipsfart

2 000

1 922

-3,9

2422

Statens miljøfond

200

Sum kategori 12.40

613 367

621 850

648 933

4,4

Utgifter under programkategori 12.50 fordelte på kapittel

 

(i 1 000 kr)

Kap.

Nemning

Rekneskap 2004

Saldert budsjett 2005

Forslag 2006

Pst. endr. 05/06

1465

Statens kjøp av tenester i Statens kartverk

355 848

336 323

350 788

4,3

2465

Statens kartverk (jf. kap. 5491 og 5603)

7 364

12 000

12 000

0,0

Sum kategori 12.50

363 212

348 323

362 788

4,2

Utgifter under programkategori 12.60 fordelte på kapittel

 

(i 1 000 kr)

Kap.

Nemning

Rekneskap 2004

Saldert budsjett 2005

Forslag 2006

Pst. endr. 05/06

1471

Norsk Polarinstitutt (jf. kap. 4471)

123 522

140 912

161 054

14,3

1472

Svalbard miløvernfond (jf. kap. 4472)

5 400

5 400

0,0

Sum kategori 12.60

123 522

146 312

166 454

13,8

5.3 Inntekter:

Inntekter under programkategori 12.10 fordelte på kapittel

 

(i 1 000 kr)

Kap.

Nemning

Rekneskap 2004

Saldert budsjett 2005

Forslag 2006

Pst. endr. 05/06

4400

Miljøverndepartementet (jf. kap. 1400)

5 863

1 473

1 521

3,3

4410

Miljøvernforsking og miljøovervaking (jf. kap. 1410)

4 000

4 000

4 000

0,0

Sum kategori 12.10

9 863

5 473

5 521

0,9

Inntekter under programkategori 12.20 fordelte på kapittel

 

(i 1 000 kr)

Kap.

Nemning

Rekneskap 2004

Saldert budsjett 2005

Forslag 2006

Pst. endr. 05/06

4425

Refusjonar frå Viltfondet og Statens fiskefond (jf. kap. 1425)

67 500

70 200

67 885

-3,3

4426

Statens naturoppsyn (jf. kap. 1426)

198

118

122

3,4

4427

Direktoratet for naturforvaltning (jf. kap. 1427)

19 968

10 983

11 861

8,0

Sum kategori 12.20

87 666

81 301

79 868

-1,8

Inntekter under programkategori 12.30 fordelte på kapittel

 

(i 1 000 kr)

Kap.

Nemning

Rekneskap 2004

Saldert budsjett 2005

Forslag 2006

Pst. endr. 05/06

4429

Riksantikvaren (jf. kap. 1429)

8 691

4 337

4 475

3,2

4432

Norsk kulturminnefond (jf. kap. 1432)

13 405

13 000

16 700

28,5

Sum kategori 12.30

22 096

17 337

21 175

22,1

Inntekter under programkategori 12.40 fordelte på kapittel

 

(i 1 000 kr)

Kap.

Nemning

Rekneskap 2004

Saldert budsjett 2005

Forslag 2006

Pst. endr. 05/06

4441

Statens forureiningstilsyn (jf. kap. 1441)

99 348

59 407

121 060

103,8

4444

Produktregisteret (jf kap 1444)

377

5322

Statens miljøfond, avdrag

29 062

10 300

13 200

28,2

5621

Statens miljøfond, renteinntekter

5 373

3 500

3 400

-2,9

Sum kategori 12.40

134 161

73 207

137 660

88,0

Inntekter under programkategori 12.50 fordelte på kapittel

 

(i 1 000 kr)

Kap.

Nemning

Rekneskap 2004

Saldert budsjett 2005

Forslag 2006

Pst. endr. 05/06

5465

Statens kartverk

10 338

Sum kategori 12.50

10 338

Inntekter under programkategori 12.60 fordelte på kapittel

 

(i 1 000 kr)

Kap.

Nemning

Rekneskap 2004

Saldert budsjett 2005

Forslag 2006

Pst. endr. 05/06

4471

Norsk Polarinstitutt (jf. kap. 1471)

28 171

35 769

26 026

-27,2

4472

Svalbard miljøvernfond (jf. kap. 4472)

5 400

5 400

0,0

Sum kategori 12.60

28 171

41 169

31 426

-23,7

Utgifter fordelte på postgrupper

 

(i 1 000 kr)

Post-gr.

Nemning

Rekneskap 2004

Saldert budsjett 2005

Forslag 2006

Pst. endr. 05/06

01-01

Driftsutgifter

709 162

717 285

691 533

-3,6

11-23

Varer og tenester

578 681

557 225

614 290

10,2

24-24

Driftsresultat

732

30-49

Nybygg, anlegg m.v.

210 814

294 673

287 268

-2,5

50-59

Overføringar til andre statsrekneskaper

227 857

230 102

252 302

9,6

60-69

Overføringar til kommunar

7 541

5 500

5 000

-9,1

70-89

Overføringar til private

885 802

935 720

1 105 539

18,1

90-99

Utlån, avdrag m.v.

400 000

Sum under departementet

2 620 588

2 740 505

3 355 932

22,5

Inntekter fordelte på postgrupper

 

(i 1 000 kr)

Post-gr.

Nemning

Rekneskap 2004

Saldert budsjett 2005

Forslag 2006

Pst. endr. 05/06

01-29

Sal av varer og tenester m.v.

170 366

109 787

162 165

47,7

30-49Nybygg, anlegg m.v.109

50-91

Skattar, avgifter og andre overføringar

121 820

108 700

113 485

4,4

Sum under departementet

292 295

218 487

275 650

26,2

Oversikt over bruk av stikkordet «kan overførast»

Det blir foreslått å knyte stikkordet «kan overførast» til dei postane som er viste i tabellen nedanfor. Dette er postar der det knyter seg stor uvisse til utbetalingsår. For å kunne sikre utbetaling av tilsegn om tilskot gitt i 2005 og tidlegare år, må posten tilføyast stikkordet «kan overførast».

Under Miljøverndepartementet blir stikkordet foreslått knytt til desse postane:

 

(i 1 000 kr)

Kap.

Post

Nemning

Overført til 2005

Forslag

2006

1400

72

Miljøverntiltak i nordområda

800

7 000

1400

73

Tilskot til kompetanseformidling og informasjon om miljøvennleg produksjon og forbruk

21 200

1400

74

Tilskot til AMAP

2 200

1400

75

Miljøvennleg byutvikling

1 017

5 000

1400

76

Støtte til nasjonale og internasjonale miljøtiltak

16

9 046

1400

78

Miljøtiltak til nikkelverka på Kola

79 236

109 000

1400

80

Tilskot til universell utforming og tilgjenge for alle

20 000

1400

81

Tilskot til lokalt miljøvern og berekraftige lokalsamfunn

10 000

1425

61

Tilskot til kommunale vilttiltak

710

5 000

1425

70

Tilskot til fiskeformål

360

6 500

1425

71

Tilskot til viltformål

1 957

30 500

1426

30

Tiltak i nasjonalparkane

1 369

8 272

1426

31

Tiltak i naturvern-, kulturlandskaps- og friluftsområde

289

20 467

1426

32

Skjergardsparkar o.a.

351

13 139

1427

30

Statlege tileigningar, bandlegging av friluftsområde

31 306

34 180

1427

32

Statlege tileigningar, fylkesvise verneplanar

9 428

17 976

1427

33

Statlege tileigningar, barskogvern

38 817

42 664

1427

34

Statlege tileigningar, nasjonalparkar

1 128

4 700

1427

35

Statlege tileigningar, nytt skogvern

6 617

66 708

1427

70

Tilskot til kalking og lokale fiskeformål

96

70 000

142771Risikoerstatning i rovviltområde56 970

1427

73

Førebyggjande og konfliktdempande tiltak i rovviltforvaltninga

2 240

37 000

1427

74

Tilskot til friluftslivstiltak

15 520

1427

77

Tilskot til nasjonalparksentre

2

12 700

1427

78

Friluftsrådas landsforbund og interkommunale friluftsråd

6 000

1429

72

Vern og sikring av freda og verneverdige kulturminne og kulturmiljø

3 925

145 030

1429

73

Brannsikring og beredskapstiltak

10 953

1429

74

Fartøyvern

620

29 004

1429

75

Internasjonalt samarbeid

28

1 100

1429

77

Verdiskapingsprogram på kulturminneområdet

6 000

1441

39

Oppryddingstiltak

1 889

67 162

1465

21

Betaling for statsoppdraget

350 788

1471

21

Spesielle driftsutgifter

50 491

1472

70

Tilskot

5 400

2465

45

Større utstyrsinnkjøp og vedlikehald

3 652

12 000

Tabell 5.1 Oversikt over talet på årsverk pr. 1. mars 2005 under Miljøverndepartementet

Kapittel

Nemning

Tal årsverk

1400

Miljøverndepartementet

223

1427

Direktoratet for naturforvaltning

181

1429

Riksantikvaren

127

1441

Statens forureiningstilsyn

251

1444

Produktregisteret

20

2465

Statens kartverk

533

1471

Norsk polarinstitutt

116

1432

Norsk kulturminnefond

2

Sum

1 453

Til forsida