St.prp. nr. 1 (2005-2006)

FOR BUDSJETTÅRET 2006 — Utgiftskapittel: 1400–1472 og 2465 Inntektskapittel: 4400–4472, 5322 og 5621

Til innhaldsliste

Del 2
Omtale av Miljøverndepartementets mål og verkemiddel

6 Innleiing til del II

Tabell 6.1 viser planlagt disponering av Miljøvern­departementets budsjett innafor det enkelte resultatområde på tvers av ulike programkatego­riar og kapittel. Tabellane inneheld planlagt disponering av budsjetta for 2005 og 2006. Dei endringane som går fram av tabellen er ikkje berre eit resultat av opp- eller ned­prioritering, men skuldast òg tekniske endringar.

Miljøverndepartementets budsjett aukar med 24,5 pst. samanlikna med saldert budsjett 2005. Regjeringas største satsingar på Miljøvern­departementets budsjett for 2006 er innafor området kulturminne og kulturmiljø, med ein auke på 197,6 pst. Dette inkluderar framlegg om å auke kulturminnefondets grunnkapital med 400 mill. kroner. Satsinga på kulturminneområdet er i samsvar med intensjonane i St.meld. nr. 16 (2004-2005) Leve med kulturminner. Auken på internasjonalt miljøvernsamarbeid og miljøvern i polarområda kjem hovudsakleg som følgje av tekniske justeringar knytte til nikkelverket på Kola.

Tabell 6.1 Miljøverndepartementets budsjett fordelt på resultatområde i åra 2005 og 2006.

(i 1000 kr)

Resultatområde

Saldert budsjett 2005

Budsjett- forslag 20061

Endring siste år i pst.

1. Berekraftig bruk og vern av biologisk mangfald

621 813

609 751

- 1,9 pst.

2. Friluftsliv

95 588

97 113

1,6 pst.

3. Kulturminne og kulturmiljø

227 912

678 290

197,6 pst.

4. Overgjødsling, oljeforureining og akutte utslepp

32 931

34 342

4,3 pst.

5. Helse- og miljøfarlege kjemikaliar

146 379

157 604

7,7 pst.

6. Avfall og gjenvinning

360 480

403 333

11,9 pst.

7. Klimaendringar, luftforureining og støy

150 696

141 156

-6,3 pst.

8. Internasjonalt miljøvernsamarbeid og miljøvern i polarområda

181 586

321 646

77,1 pst.

9. Regional planlegging

62 303

58 110

-6,7 pst.

10. Kart og geodata

313 257

328 612

4,9 pst.

11. Områdeovergripande verkemiddel og fellesoppgåver

547 560

583 157

6,5 pst.

Sum

2 740 505

3 413 114

24,5 pst.

1  Budsjettforslaget for Miljøverndepartementet for 2006 er på 3 413,1 mill. kroner. 57,2 mill. kroner av dette er løyvde på statsforvaltningas felleskapittel for meirverdiavgift, og går derfor ikkje fram av denne proposisjonen. Sjå nærare forklaring i Del I, kapittel 5.

7 Resultatområde 1: Berekraftig bruk og vern av biologisk mangfald

Definisjon og avgrensing

Resultatområdet omfattar bevaring av biologisk mangfald gjennom berekraftig bruk, vern og restaurering. Hovudårsakene til tap av biologisk mangfald er knytte til tap av biologiske nøkkelområde og endringar i arealbruk, klimaendringer, forureining, spreiing av framande arter og overutnytting. Resultatområdet omfattar derfor òg arbeidet med å motverke negative miljøeffektar på det biologiske mangfaldet av desse påverknadene, med unntak av klimaendringer og forureining som blir dekt av resultatområde 4-8. Bevaring av verdifulle geologiske førekomstar og ulike landskapskvalitetar inngår òg i resultatområdet. I tillegg dekkjer resultatområdet internasjonalt arbeid, blant anna oppfølging av konvensjonar og andre internasjonale prosessar og avtaler for å sikre berekraftig bruk, vern og rettferdig fordeling av biologisk mangfald.

Strategisk mål

Naturen skal forvaltast slik at arter som finst naturleg blir sikra i levedyktige bestandar, og slik at variasjonen av naturtypar og landskap blir halden ved lag og gjer det mogleg å sikre at det biologiske mangfaldet får halde fram med å utvikle seg. Noreg har som mål å stanse tapet av biologisk mangfald innan 2010.

Nasjonale resultatmål, miljøvernforvaltningas arbeidsmål og resultatindikatorar, og statusbeskriving

Tabell 7.1 Mål- og indikatortabell for resultatområde 1 Berekraftig bruk og vern av biologisk mangfald

Nasjonale resultatmål

Miljøvernforvaltningas arbeidsmål

Miljøvernforvaltningas resultatindikatorar

1. Eit representativt utval av norsk natur skal vernast for kommande generasjonar.

1.1. Implementere arbeidsprogram om områdevern frå Konvensjonen om biologisk mangfald (vedteken på COP7 i 2004) ved å etablere nettverk av terrestriske verneområde innan 2010.

Kvalitativ vurdering av arbeidet.

1.2. Sluttføre fylkesvise/ tematiske verneplanar i løpet av år 2006.

Talet på vedtekne fylkesvise verneplanar.

1.3. Auke skogvernet i tråd med Stortingets behandling av St.meld. nr. 25 (2002-2003) Regjeringens miljøvernpolitikk og rikets miljøtilstand, jf. Innst. S. nr. 46 (2003-2004).

Sum verna areal produktiv skog fordelt på naturgeografiske regionar.

Talet på nye skogvernområde som er vedtekne (etter 2002).

1.4. Gjennomføre nasjonalparkplanen gjennom å opprette 40 nye og utvide 14 eksisterande verneområde innan 2010.

Sum verna areal fordelt på naturgeografiske regionar.

Talet på nye verneområde som er vedtekne.

1.5. Etablere eit nettverk av marine område som er verna innan dei ulike biogeografiske regionane i kyst- og havområda innan 2012.

Talet på representative, særeigne, truga og sårbare naturtypar som inngår i dei marine verna områda i kvar biogeografiske region.

1.6. Sikre at naturverdiane i verneområda blir oppretthaldne.

Del av verneområde som har tilfredsstillande forvaltningsplan.

Del av verneområde med tilfredsstillande skjøtsel.

Del av verneområde som har tilfredsstillande oppsyn/tilsyn.

2. I truga naturtypar skal ein unngå inngrep, og i omsynskrevjande naturtypar skal ein halde oppe viktige økologiske funksjonar.

2.1. Leggje til rette for kartlegging og overvaking av svært viktige område (A-område) og viktige område (B-område) for biologisk mangfald.

Areal og talet på A- og B-område for biologisk mangfald som er kartlagde.

Areal av A- og B-område fordelt på naturgeografisk variasjon.

2.2. I samarbeid med sektorane (jf. St.meld. nr. 42 (2000-2001) og St.meld 21 (2004-2005) gjennomføre eit nasjonalt program for kartlegging og overvaking av biologisk mangfald,

Kvalitativ vurdering av arbeidet.

Auka mengd kvalitetssikra data i forhold til det talfesta målet om lokalitets-opplysingar i naturbasen

2.3. Sikre at attverande naturområde med urørt preg blir tekne vare på.

Areal av inngrepsfrie naturområde.

2.4. Medverke til å halde ved lag truga, sårbare og omsynskrevjande marine naturtypar.

Talet på truga, sårbare og omsynskrevjande naturtypar som er blitt kartlagde.

Omfang av marine naturtypar som er dokumentert skadde eller øydelagde (kvalitativ vurdering).

2.5. I samarbeid med aktuelle partar leggje til rette for at forvaltninga av vassdrag tek vare på omsynet til biologisk mangfald.

Overvakingsparameter under vassramme-direktivet

2.6. Avgrense motorferdsel i utmark og vassdrag med sikte på å minimalisere påverknaden på naturmiljø, ved at ferdsla i større grad blir kanalisert til bestemte trasear og område.

Talet på dispensasjonar som er gitt.

Talet på personar som er melde for brot på motorferdslelova.

3. Forvalte kulturlandskapet slik at kulturhistoriske og estetiske verdiar, biologisk mangfald og tilgjenge blir halde ved lag.

3.1. Medverke til at verdifulle kulturlandskap blir tekne vare på og haldne ved lag.

Tilstand og utvikling for dei nasjonalt prioriterte kulturlandskapa.

Tilstand og utvikling i kulturlandskapet innan jordbruket.

4. Hausting og annan bruk av levande ressursar skal ikkje føre til at arter eller bestandar blir utrydda eller truga.

4.1. Sikre at fastsetjing av forsvarlege nasjonale, regionale og lokale rammer for hausting av vilt- og fiskeressursane blir baserte på best mogeleg kunnskap om arter og bestandar.

Omfanget av bestandar som er truga av overutnytting.

4.2. Sikre at forvaltninga av vilt- og fiskeressursar som kan utnyttast innan 2006 som hovudregel blir basert på driftsplanar utarbeidde i samarbeid mellom rettshavarar, kommunar og brukarar.

Delen av hjortevilt felt på vald med driftsplan/ bestandsplan.

Talet på driftsplanar for laksefisk som er lagt til grunn for forvaltninga.

5. Menneskeskapt spreiing av organismar som ikkje høyrer naturleg heime i økosystema skal ikkje skade eller avgrense økosystema sin funksjon.

5.1. Førebyggje utilsikta introduksjonar av framande arter og negative effektar av eksisterande og tilsikta nye introduksjonar gjennom meir dekkjande regelverk, tiltak, informasjon og sektorsamarbeid.

Talet på kjende introduksjonar som er årsak til skade på miljøet.

5.2. Handtere reguleringa av utsetjing, under dette omsetning av genmodifiserte organismar, ut frå best mogleg kunnskap slik at det ikkje oppstår skade på miljø og helse.

Kvalitativ vurdering av arbeidet.

6. Halde oppe eller byggje opp att truga arter og ansvarsarter til livskraftige nivå.

6.1. Medverke til å redusere presset på truga arter og ansvarsarter gjennom samarbeid med andre involverte partar.

Talet på raudlistearter totalt og raudlistearter som endrar raudlistekategori i utvalde naturtypar.

Talet på truga arter med utarbeidd handlingsplan.

Inngrep i villreinområde.

6.2. Sikre levedyktige bestandar av rovvilt gjennom målet om 65 årlege ynglingar av gaupe, 39 årlege ynglingar av jerv, 15 årlege ynglingar av bjørn, 3 årlege ynglingar av ulv og 850-1200 årlege hekkingar av kongeørn.

Talet på dokumenterte ynglingar av gaupe, jerv, bjørn og ulv siste år fordelt på dei åtte rovviltregionane.

Talet på hekkingar av kongeørn siste år fordelt på dei åtte rovviltregionane.

Talet på dokumenterte ulovlege fellingar av rovvilt fordelt på rovviltart

6.3. Byggje opp att bestanden av fjellrev til eit livskraftig nivå.

Talet på vaksne individ av fjellrev.

Talet på ynglingar av fjellrev.

6.4. Sikre dei ville laksebestandane.

Endringar i bestandstilstand etter kategorisystemet for laksevassdrag.

Talet på beslag av ulovlege garn mv.

7. Arbeidsmål som dekkjer alle dei nasjonale resultatmåla 1-6

7.1. Medverke til sektordepartementa sitt arbeid med vern og berekraftig bruk av biologisk mangfald

Kvalitativ vurdering av arbeidet.

7.2. Leie og samordne det norske arbeidet med Konvensjonen om biologisk mangfald og andre internasjonale konvensjonar og prosessar som er relevante for å ivareta biologisk mangfald.

Kvalitativ vurdering av arbeidet.

8. Disponere dei jordressursane som har potensial for produksjon av matkorn slik at ein tek omsyn til framtidige generasjonar sine behov.

Statusbeskriving

Regjeringa prioriterer høgt å ta vare på norsk natur og verne om det biologiske mangfaldet. Av dei ca. 15 000 artene som er vurderte i arbeidet med den norske raudlista vart 20 pst. plassert på raudlista. Omlag 45 pst. av desse er knytte til skog, 30 pst. til kulturlandskap, 20 pst. til ferskvatn og våtmark/myr, 7 pst. til kyst og 3 pst. til fjell. Vern av eit representativt utval område etter naturvernlova er eit viktig verkemiddel for å sikre framtida for artene.

Pr. 2. september 2005 er om lag 12,5 pst. av fastlands-Noreg verna etter naturvernlova.

Tabell 7.2 Oversikt over område verna etter naturvernlova pr. 1. januar 2005.

Tal

Areal km2 (inkl. ferskvatn)1

pst. av Noregs landareal 2

Nasjonalparkar

221 6506.7

Landskapsvernområde

15314 0714.3
Naturreservat1 7013 4181.1
Naturminne102 320.0

Andre fredingsområde 4

981250.0

Sum

2078392665 12.1

1  Frå og med 01.01.2004 er arealtala basert på ein digital arealanalyse mellom verneområda og kartgrunnlaget N50. Dette gir meir nøyaktige arealtal.

2  Fastlandet ekskl. Svalbard (verneområde på Svalbard er oppretta i medhald av svalbardmiljølova)

3  99 av desse naturminna er geologiske. I tillegg er ca. 180 tre/tregrupper freda som botaniske naturminne

4  Gjelder plante-, fugle- og dyrefredingsområde med biotopvern. Artsfreding utan biotopvern er innført på enkelte andre lokalitetar

5 I tillegg kommer 12 område som er verna etter viltlovens §7 på totalt om lag 300 km2

Arbeidsmål 1.1. Implementere arbeidsprogram om områdevern frå konvensjonen om biologisk mangfald (vedteke på COP7 i 2004) ved å etablere nettverk av terrestriske verneområde innan 2010.

Arbeidsprogrammets overordna mål er å etablere og halde ved lag effektivt forvalta og økologisk representative nasjonale og regionale system av verneområde. Dette skal vere på plass innan 2010 for landlege (terrestre) område og innan 2012 for marine område. Systema av verneområde er sentrale i arbeidet for å nå målet om stans i tapet av biologisk mangfald innan 2010.

Partslanda er bedt om å utarbeide måltal som kan etterprøvast. Biologisk mangfald skal bevarast, både innafor og utafor verneområda, ved å fremje berekraftig bruk av naturressursane. Etablering, forvaltning og overvaking av verneområde bør skje med full og effektiv deltaking og respekt for urfolk og lokale samfunn.

Ei rekkje tiltak står sentralt i Noregs oppfølging av vedtaket om områdevern, i hovudsak knytt til gjennomføring av dei fylkesvise/tematiske verneplanane, gjennomføring av auka skogvern, gjennomføring av nasjonalparkplanen, arbeidet med bevaring av marine område, sikring av naturverdiane i verneområda og analyse av gjennomført vern av naturtypar.

Arbeidet med analyse av gjennomført vern av naturtypar vart starta i 2005, og er planlagt avslutta i 2006. Arbeidet vil omfatte alt vern, og tar utgangspunkt i måla for naturvernarbeidet i St.meld. nr. 68 (1980-81 ) Vern av norsk natur:

  • Å sikre eit utval av naturområde som til saman utgjer eit representativt utsnitt av variasjonsbreidda i norsk natur.

  • Bevaring av økologiske nøkkelområde, ved å verne område som har ein særdeles viktig funksjon for store konsentrasjonar av arter eller individ.

  • Bevaring av artsmangfaldet i naturen, ved å sikre leveområda for truga dyre- og plantearter.

Oppfølginga av områdevernet og gjennomføring av nytt vern er omtalt under arbeidsmåla 1.2 – 1.6.

Internasjonale plikter i andre konvensjonar står òg sentralt for å følgje opp dette arbeidsprogrammet, blant anna Ramsarkonvensjonen om våtmarker, Bernkonvensjonen om vern av europeisk natur og konvensjonen om vern av det marine miljø i det nordlege Atlanterhavet (OSPAR). Direktoratet for naturforvaltning står sentralt i dette arbeidet i Noreg.

Det er brei europeisk semje om å opprette gode europeiske nettverk av verneområde. Under Bernkonvensjonen om vern av europeisk natur er dette følgt opp gjennom at partane skal peike ut område til eit europeisk nettverk av verneområde kalla Emerald Network. Noreg starta eit systematisk arbeid med dette i 2003, blant anna ved å gjennomgå aktuelle norske arter og naturtypar med sikte på innmelding av norske område. Nettverket har mykje til felles med EUs nettverk av verneområde kalla Natura 2000, som er viktig for oppfølging av deira habitat- og fugledirektiv. I 2005 vil Direktoratet for naturforvaltning ferdigstille eit pilotprosjekt om dette. Pilotprosjektet vil danne grunnlag for vidare fagleg utvikling og for å vurdere talet på norske område som bør meldast inn.

Innan den paneuropeiske biomangfald- og landskapsstrategien (PEBLDS) under «Miljø for Europa»-prosessen pågår arbeid for å etablere eit paneuropeisk økologisk nettverk (PEEN). På nasjonalt nivå skal det blant anna gjerast analysar av kva slags naturtypar som er mangelfullt dekte opp av vern. Det skal rapporterast på dette i 2006.

Arbeidsmål 1.2. Sluttføre fylkesvise/tematiske verneplanar i løpet av år 2006.

I 2004 vart det fatta vernevedtak for verneplan kyst i Troms, verneplan for myr i Sogn og Fjordane og einskildområda Kvitsanden i Sør-Trøndelag og Nord-Talgje i Rogaland. I 2005 er det pr. september fatta vernevedtak for verneplan sjøfugl for Sør–Trøndelag, og for einskildområdet Slevdalsvann. Det er for resten av 2005 planlagt vedtak for: Verneplan for Oslofjorden (delplanar for Buskerud, Telemark og Vestfold og ein samordna sjøfugldelplan for alle fylka), verneplan for Hovedøya (Oslo), verneplan for Smøla (Møre og Romsdal) og verneplan for Hasseltangen-Ruakerkilen (Aust-Agder).

Målet om gjennomføring av fylkesvise verneplanar er blitt utsett eitt år frå 2005 til 2006. Fem delplanar – verneplan for myr i Finnmark, verneplan for edellauvskog i Sogn og Fjordane, verneplan for sjøfugl i Møre og Romsdal og verneplanane for rike lauvskogar i Troms og i Finnmark er planlagt vedtekne i 2006. I tillegg vil verneplan for Oslofjorden (delplanar for Østfold og Oslo og Akershus) og enkeltområdet Vikanbukta i Nord-Trøndelag òg bli sluttført i 2006. Då vil ein ha nådd målet i St.meld. nr. 68 (1980-81) om gjennomføring av fylkesvise, tematiske verneplanar for tema edellauvskog, myr, våtmark og sjøfugllokalitetar – totalt 70 verneplanar.

I medhald av St.meld. nr. 42 (2000-2001) Biologisk mangfold og St.meld. nr. 25 (2002-2003) Regjeringens miljøvernpolitikk og rikets miljøtilstand er det i 2005 sett i gang ei evaluering av korleis ulike naturtypar er fanga opp i det tematiske vernearbeidet. Evalueringa vil gi grunnlag for internasjonal rapportering blant anna til Konvensjonen om biologisk mangfald, til Bern-konvensjonen og PEBLDS (Pan-european biodiversity and landscape diversity strategy).

Arbeidsmål 1.3. Auke skogvernet i tråd med Stortingets behandling av St.meld. nr. 25 (2002-2003) Regjeringens miljøvernpolitikk og rikets miljøtilstand, jf. Innst. S. nr. 46 (2003-2004).

I 2005 har Regjeringa pr. 2. september vedteke vern av 16 «meldepliktområde» og 30 skogområde på statsgrunn. Hausten 2005 er dei første vernevedtaka planlagt i samband med frivillig vern av skog. Hovudstrategien i arbeidet for auka skogvern er å sikre kvalitet i vernearbeidet. I dette arbeidet blir dialog og samhandling med skogeigarar og andre partar vektlagt. For 2006 vil følgjande bli prioritert:

  • Vernevedtak for området Trillemarka-Rollag Østfjell.

  • Vidareføring av samarbeidet med Noregs Skogeigarforbund om frivillig vern. I 2006 er det planlagt vernevedtak for nye frivilligvern-område, blant anna i kystgranskog. Ein vil også i 2006 starte opp arbeid med nye frivilligvern-område.

  • Det skal gjennomførast kartlegging av skog eigd av Opplysningsvesenets fond med sikte på vern.

  • Nye systematiske naturfaglege registreringar i prioriterte skogtypar, jf. St.meld. nr. 25 (2002-2003) Regjeringens miljøvernpolitikk og rikets miljøtilstand.

Det er verna i overkant av 1000 km2 produktiv skog i Noreg pr. september 2005, tilsvarande ca. 1,4 pst. av skogarealet i landet. For talet på produktiv skog fordelt på naturgeografiske regionar, sjå tabellen under.

Tabell 7.3 Verna produktiv skog fordelt på regionar og vegetasjonssoner (jf. Moen 1998) Tal i km2

Aust-Noreg

Vest-Noreg

Midt-Noreg

Nord-Noreg

Finnmark

Nemoral og boreonemoral

98

18

2

-

Sørboreal

15

6

15

0

Mellomboreal

132

44

71

30

Nordboral og alpin

51

18

16

126

100

Samla

296

86

104

156

100

Arbeidsmål 1.4. Gjennomføre nasjonalparkplanen gjennom å opprette 40 nye og utvide 14 eksisterande verneområde innan 2010.

Pr. 1. september 2005 er 31 av i alt 54 verneframlegg i nasjonalparkplanen gjennomførte. I 2004 vart det fatta vernevedtak for Blåfjella-Skjækerfjella og Lierne (Verdal/Snåsa/Lierne – Hartkjølen), Junkerdal, Skarvan/Roltdalen samt utviding av Gutulia og Ånderdalen nasjonalparkar. I tillegg vart det fatta vernevedtak for Bleia-området og Geiranger – Hedalen (desse inngår i verdsarvområdet Vestnorske fjordar som vart innskrivne på UNESCOs liste i juli 2005), Lyngsalpan og Nordkvaløya – Rebbenesøy. I 2005 (pr. 1. september) er følgjande område verna: Folgefonna som nasjonalpark og kystområda i Flekkefjord og Oksøy-Ryvingen som landskapsvernområde. I tillegg er følgjande verneplanar under behandling med sikte på sluttføring i 2005: Seiland, Varangerhalvøya, Naustdal/Gjengedal, Ålfotbreen, Reinheimen og Rondane Sør. I 2006 er det lagt opp til vern av følgjande område: Øvre Dividal (utviding), Hyllingsdalen, Sylane, Sørdalen/Isdalen, Lomsdal/Visten, Hallingskarvet og Ytre Hvaler. Arbeidet med gjennomføring av enkeltplanane er tidkrevjande og kan i fleire høve vere konfliktfylt. Det kan derfor oppstå forseinkingar i planlagd framdrift. Ein legg stor vekt på å gjennomføre demokratiske og tillitvekkjande planprosessar. Det er blant anna starta opp eit samarbeid med Sametinget for å sikre at samiske interesser på best mogleg måte skal komme inn i planlegginga, i tråd med avtala om konsultasjon mellom Staten og Sametinget.

Statens naturoppsyn (SNO) er no til stades i mange av dei store nasjonalparkane og landskapsvernområda i Sør-Noreg. Oppsyn blir òg utført gjennom tenestekjøp frå Statskog Fjelltenesta og frå fjelloppsynet til fjellstyra. Nokre av dei nye nasjonalparkane og store verneområda har likevel ikkje tilstrekkeleg oppsyn.

Pr. 1. september 2005 er det autorisert 13 nasjonalparksenter. Etter den nasjonale gjennomføringsplanen står det att å etablere eitt slikt senter i Lierne. Styrkinga av løyvinga til nasjonalparksenter i 2005 har gjort det mogleg å betre framdrifta i arbeidet med å etablere nye senter, slik at det i 2005 vart autorisert og opna heile tre nye nasjonalparksenter. Det er utarbeidd ein revidert politikk for nasjonalparksentra som ligg til grunn for statens vidare deltaking i utbygging og drift av slike senter.

Arbeidsmål 1.5. Etablere eit nettverk av marine område som er verna innan dei ulike biogeografiske regionane i kyst- og havområda innan 2012.

Arbeidet med ein marin verneplan vart sett i gang i 2001. Det nasjonale rådgivande utvalet la fram ei førebels tilråding om område og restriksjonsnivå i februar 2003, og den endelege tilrådinga si i juni 2004. Endeleg framlegg til verneplan skal utarbeidast av Direktoratet for naturforvaltning i samarbeid med blant anna Fiskeridirektoratet. Det er teke sikte på ferdigstilling i 2006/2007.

Arbeidsmål 1.6. Sikre at naturverdiane i verneområda blir oppretthaldne.

Per 2. september 2005 er 12,5 pst. av Noregs fastlandsareal verna etter naturvernlova. Dette vil seie at verna areal er økt med to tredelar i løpet av fire år. I same periode har talet på verneområde auka med ca. 500. Auka innsats i oppsyn og skjøtselstiltak har derfor vore prioritert dei siste åra.

For å sikre verneverdiane i etablerte verneområde og følgje opp CBDs arbeidsprogram om områdevern, er det nødvendig å byggje opp betre og meir omfattande forvaltningssystem. Det er eit udekka behov for forvaltnings- og skjøtselsplanar i anslagsvis 500 norske verneområde. Dessutan treng ei rekkje av dei om lag 300 eksisterande forvaltningsplanane revisjon. Regjeringa styrkjer derfor arbeidet med utarbeiding av forvaltningsplanar.

Noreg manglar eit landsdekkjande system for overvaking av verneområde. Vidare manglar det for mange verneområde kunnskap om biologisk mangfald ut over det som låg til grunn for vernevedtaket. Direktoratet for naturforvaltning har i løpet av 2005 utarbeidd eit forslag til eit samla overvakingsprogram for verneområde. Regjeringa vil sikre at systematisk overvaking i verneområde kan starte frå 2006.

Alle kommunar i landet har tidlegare fått tilbod om å overta forvaltningsansvar for naturreservat, naturminne og landskapsvernområde. Fram til mai 2005 hadde Direktoratet for naturforvaltning delegert forvaltningsansvar for verneområde i om lag 50 kommunar som utan atterhald hadde takka ja til tilbodet. I tillegg er det som eit prøveprosjekt delegert forvaltningsmynde til kommunar for nokre større verneområde i nasjonalparkplanen. Til saman er det om lag 70 kommunar som har fått delegert forvaltningsmynde for verneområde. Interessa frå nye kommunar synest no liten, med unntak av nokre få kommunar med store landskapsvernområde i nasjonalparkplanen, blant anna Brattefjell-Vindeggen, Frafjordheiane og Lyngsalpan.

Regjeringa viser òg til omtalen av bruk av verneområda i lokal næringsutvikling og verdiskaping i St.prp. nr. 65 (2002-2003). Regjeringa går inn for at desse områda skal kunne nyttast meir i turistutvikling. Forvaltningsplanar for nasjonalparkar og andre verneområde skal gi nærare retningslinjer for på kva måte dette best kan skje innafor det enkelte verneområdet. Det er òg gjennomført fleire prosjekt med utgangspunkt i vern i nokre fylke. Departementet har i 2005 støtta blant anna prosjektet Nasjonalparkriketøkonomisk. Sju av 25 nasjonalparkar har godkjende forvaltningsplanar, og 7 nye planar er under utarbeiding. Det finst forvaltningsplanar for ti andre store verneområde og verneområde som ligg inntil nasjonalparkar. I 2005 blir det utført naturoppsyn i 1558 verneområde anten av SNO eller gjennom tenestekjøp av Fjelltenesta og andre. Av desse blir det gjennomført skjøtsel i 255 område. I tillegg kjem oppsyn og skjøtsel organisert gjennom fylkesmennene og kommunane.

Arbeidsmål 2.1. Leggje til rette for kartlegging og overvaking av svært viktige område (A-område) og viktige område (B-område) for biologisk mangfald.

I St.meld. nr. 42 (2000-2001) Biologisk mangfold. Sektoransvar og samordning er det lagt opp til å etablere eit nytt kunnskapsbasert forvaltningssystem for biologisk mangfald. Systemet inneber ei statleg samordning av juridiske og økonomiske verkemiddel, der desse er retta mot dei viktigaste områda for biologisk mangfald.

I løpet av 2005 har stort sett alle kommunane gjennomført ei kartlegging av område med stor verdi for biologisk mangfald. Kartlegginga i kommunane er supplert med ei felles tverrsektoriell satsing frå 6 departement på spesielle område der kommunane berre delvis har dekt kunnskapsbehovet (jf. Nasjonalt program for kartlegging og overvaking). I tillegg kjem den fortløpande kartleggings- og overvakingsaktiviteten. Desse aktivitetane er vedtekne vidareført, jf. St.meld. nr. 21 (2004 – 2005) Regjeringens miljøvernpolitikk og rikets miljøtilstand.

Det står enno att mykje kartleggingsarbeid på lokalitetar for raudlistearter, særleg i saltvatn og i ferskvatn, før målsetjinga er nådd. Data frå kartlegginga skal inngå i nasjonale fagsystem og vere offentleg tilgjengelege. Det blir viktig i tida framover å få kvalitetssikra desse data. Utviklinga av det nye forvaltningssystemet vil leggje til rette for at kommunane blir endå meir sentrale i forvaltninga av biologisk mangfald i Noreg, blant anna gjennom behandling av planar og enkeltsaker etter plan- og bygningslova.

Når kommunane er ferdige med kartlegginga si, blir områda lagt inn i Naturbasen. Det er førebels lagt inn naturtypedata frå 200 kommunar i Naturbasen. Det ligg pr. 1. september 2005 inne data frå 65 000 lokalitetar spreidd over heile landet i Naturbasen. Av dette er om lag 2/3 artsdata, og 1/3 er naturtypedata. Dei fleste artsdata stammar frå viltkartlegginga. Datagrunnlaget er førebels for lite til å vise fordelinga av A- og B-område på naturgeografiske regionar. I kartlegginga er areal som er truga av inngrep prioriterte, og det er derfor kartlagt lite i fjellområda.

Arbeidsmål 2.2 I samarbeid med sektorane gjennomføre eit nasjonalt program for kartlegging og overvaking av biologisk mangfald.

Eit nytt forvaltningssystem for biologisk mangfald byggjer på at stadfesta kunnskap om førekomsten og verdien av mangfaldet skal liggje til grunn for bruk av juridiske og økonomiske verkemiddel. Eit nasjonalt program for kartlegging og overvaking av biologisk mangfald er etablert. Programmet initierer kartleggingsaktivitetar både på land, i ferskvatn og i saltvatn (sjå òg pkt. 2.1). Resultata frå kartleggingsaktivitetane vil bli lagra i databasar som er offentleg tilgjengelege over Internett. Artsdatabanken, som vart etablert i januar 2004, vil spele ei sentral rolle i arbeidet med å samordne og gjere dei viktigaste data om biologisk mangfald tilgjengelege for brukarar i areal- og ressursforvaltninga.

Gjennom overvaking av naturtypar og viktige areal for truga arter vil styresmaktene få eit bilete av utviklinga i det biologiske mangfaldet, om verkemidla fungerer etter formålet og om Noreg klarer å ivareta målet om å stoppe tapet av biologisk mangfald innan 2010.

Våren 2005 starta Miljøverndepartementet og Olje- og energidepartementet sjøfuglprogrammet SEAPOP. Sjøfuglane er ein viktig del av kystnaturen og det marine økosystemet, og sjøfuglartene er sikre indikatorar på miljøtilstanden i havet. Målet er å skaffe betre kunnskap om sjøfuglarter i Noreg, særleg med omsyn til utbreiinga deira, tilstand og utvikling. Programmet vil gi eit betre grunnlag for å ta avgjerder i spørsmål som gjeld tilhøvet mellom sjøfugl og menneskeleg aktivitet i havområda og kystsona, til dømes innafor petroleumsverksemda.

Det marine kartleggings- og kunnskapsprogrammet MAREANO som vart starta i 2005 skal vidareførast. MAREANO er ei felles satsing mellom Miljøverndepartementet, Fiskeri- og Kystdepartementet og Nærings- og handelsdepartementet gjennom Statens Kartverk Sjø, Havforskingsinstituttet og Noregs Geologiske Undersøkingar (NGU). MAREANO har som mål å kartleggje og gjennomføre grunnleggjande studiar av havbotnens fysiske, biologiske og kjemiske miljø. Dette skal systematiserast i ein marin arealdatabase for norske kyst- og havområde. Som ein del av Regjeringas nordområdesatsing blir innsatsen under SEAPOP- og MAREANO-programma styrkt i 2006.

Arbeidsmål 2.3. Sikre at attverande naturområde med urørt preg blir tekne vare på.

St.meld. nr. 21 (2004-2005) slår fast at nedbygging, bruk og bruksendring av areal blir rekna som dei største truslane mot det biologiske mangfaldet i Noreg. Summen av mange ubetydelege inngrep kan få alvorlige følgjer for arters og populasjonars evne til å overleve og for produksjonsevna i økosystema. Fragmentering og oppsplitting av areal kan gjere livsvilkåra for arter som treng store, samanhengande område å leve på vanskelege.

Status for inngrepsfrie naturområde (område som ligg meir enn ein kilometer unna tyngre tekniske inngrep) i Noreg (INON) vart sist oppdatert i januar 2003, og ajourførte kart og statistikk vart lagt ut på nettet i 2004 (www.dirnat.no/inon). Denne oversikta blir ajourført med jamne mellomrom, og viser blant anna utviklinga for desse områda og kva for sektorar som er ansvarlege for bortfall av område. Dei siste hundre åra er villmarksprega område i Noreg reduserte frå omkring halvparten av landarealet til 12 pst. i Nord-Noreg og 5 pst. i Sør-Noreg i 2003.

Arbeidsmål 2.4. Medverke til å halde ved lag truga, sårbare og omsynskrevande marine naturtypar.

Metode for kartlegging av marine naturtypar etter handbok for kommunane er under utvikling. Handboka omfattar 17 naturtypar. Kartlegginga vil medverke til at kommunane kan ta omsyn til desse naturtypane. Så langt er kartlegginga starta gjennom pilotprosjekt i nokre kommunar og det blir arbeidd med å utvikle eit godt kartgrunnlag.

Det er gjort lite kartlegging av skadar på marine naturtypar. Havforskingsinstituttet arbeider med kartlegging av korallrev langs norskekysten. Ut frå kunnskap innhenta gjennom denne kartlegginga er det estimert at 30-50 pst. av Lophelia-reva i norske farvatn er øydelagt av fiskeriaktivitetar.

Arbeidsmål 2.5. I samarbeid med aktuelle partar leggje til rette for at forvaltninga av vassdrag tek vare på omsynet til biologisk mangfald.

I samarbeid med relevante sektorar skal miljøstyresmaktene ivareta Samla plan for vassdrag og ordninga med nasjonale laksevassdrag og nasjonale laksefjordar. Ved oppfølging gjennom planrettleiing både ved kommuneplanlegginga og den regionale planlegginga, er det eit mål at verneverdiane i verna vassdrag blir tekne omsyn til. Gjennom konsesjonssystemet vil miljøstyresmaktene både sentralt og regionalt arbeide for at biologisk mangfald blir teke omsyn til i ulike former for bruk av vassressursane. Dette gjeld òg ved revisjon av eldre konsesjonar. Det vil bli starta eit arbeid med å betre avgjerdsgrunnlaget for miljømessige vurderingar av små vasskraftprosjekt. Som del av dette vil det ansvaret tiltakshavar har for å skaffe nødvendige opplysningar for ei effektiv saksbehandling bli avklart.

Gjennom arbeidet med å karakterisere vassførekomstar i EUs rammedirektiv for vatn vil ein få fram mykje god kunnskap om biologisk mangfald knytt til vatn. Dette arbeidet tok til i 2002. I 2003 vart det gjennomført karakterisering av åtte vassområde, som eit prøveprosjekt. I 2004 starta ei grovkarakterisering av alle vassførekomstar, med utgangspunkt i nasjonale datasett. Arbeidet med grovkarakterisering blir fullført i 2005.

Arbeidsmål 2.6. Avgrense motorferdsel i utmark og vassdrag med sikte på å minimalisere påverknaden på naturmiljø ved at ferdsla i større grad blir kanalisert til bestemte trasear og område.

Det totale talet på snøskuterar pr. 31. desember 2003 var 53 599. Pr. 31. desember 2004 hadde talet stige til 54 362. Det har vore ein jamn auke i talet på snøskutarar i fleire år. Talet på barmarkkøyretøy (All Terrain Vehicles – ATV) har òg auka kraftig, frå 295 nyregistrerte køyretøy i 1995 til 10 401 pr. 31. desember 2004 (alle tal frå Opplysningsrådet for vegtrafikk). Dette indikerer at omfanget av motorferdsel i utmark har auka.

Talet på dispensasjonar gitt i medhald av motorferdselslova og den nasjonale forskrifta er tilgjengeleg som KOSTRA-rapportering. Det er god grunn til å gi barmarkkøyringa større merksemd framover. Statens naturoppsyn har gjennomført målretta oppsyns- og kontrolltiltak, oftast i samhandling med lokalt politi. Barmarkskøyring har hatt særleg prioritet. I 2004 vart 140 tilfelle av ulovleg motorferdsel meldt til politiet, etter kontrollar av SNO (inkl. Fjelltenesta i Nord-Noreg). Av desse var det 16 tilfelle av ulovleg barmarkskøyring. Kontrollen med barmarkskøyring skal styrkjast i samarbeid mellom politiet og Statens naturoppsyn.

Åtte kommunar har delteke i ei forsøksordning med planstyrt motorferdselforvaltning. Forsøket vart avslutta 1. mai 2005, og blir no evaluert av Norsk institutt for naturforsking (NINA). Forsøkskommunane har fått høve til å vidareføre forsøksregelverket mens evalueringa og vurderinga av moglege endringar i regelverket held fram.

Det er skipa eit prosjekt, Motorferdsel og samfunn, som skal identifisere viktige føresetnader for å utvikle den framtidige politikken for motorferdsel. Målet med prosjektet er å etablere eit best mogeleg kunnskapsbasert avgjerdsgrunnlag for utforming av strategiar, regelverk og verkemiddel for regulering av motorferdsle i utmark, med vekt på avveging mellom nytte- og verneverdiar. Arbeidet skal femne ferdsle i utmark til lands, i innlandsvassdrag og i luftrommet. Prosjektet er planlagt avslutta sommaren 2006.

Arbeidsmål 3.1. Medverke til at verdifulle kulturlandskap blir tekne vare på og haldne ved lag.

Ei oppdatert oversikt over dei høgast prioriterte områda (ca. 300) i Nasjonal registrering av verdifulle kulturlandskap er gjort lettare tilgjengeleg for andre sektorar gjennom Internett og Naturbasen. Det har vore sterkt fokus på den supplerande kartlegginga av biologisk mangfald i kulturlandskapet (Nasjonalt program for kartlegging og overvaking) i 2005. Dette vil halde fram i 2006. Mykje av arbeidet knytt til å halde ved lag verdifulle kulturlandskap er elles integrert i andre resultatmål og oppgåver.

Arbeidsmål 4.1. Sikre at fastsetjing av forsvarlege nasjonale, regionale og lokale rammer for hausting av vilt- og fiskeressursane er baserte på best mogeleg kunnskap om arter og bestandar.

Vilt- og fiskeressursane i Noreg er forvalta etter føre var-prinsippet og ut frå eit berekraftperspektiv. Det er få, om nokon, av dei artene som det blir hausta av som er truga av overutnytting.

Etter at gebyr på manglande rapportering frå jegerar vart innført i 2001, har rapporteringa no komme opp i 95 pst. Dette er med på å betre kunnskapsgrunnlaget.

Gjennom nasjonalt overvakingsprogram for hjortevilt og helseovervakingsprogram for hjortevilt følgjer ein bestandsutviklinga i eit representativt utval av bestandar. I tillegg er hjorteviltregisteret eit viktig verkemiddel for dei som skal ta avgjerder.

Regulering av laksefisket er i dag basert på vitskapeleg rådgiving, kunnskap om tilstanden til bestandane, fagleg skjønn og erfaringar. I 2003 vart det innført eit nytt reguleringsregime som skal gjelde for fem år. Det vart gjennomført mindre justeringar i 2004.

Arbeidsmål 4.2. Sikre at forvaltninga av vilt- og fiskeressursar som kan utnyttast, innan 2006 som hovudregel blir basert på driftsplanar utarbeidde i samarbeid mellom rettshavarar, kommunar og brukarar.

Den driftsplanbaserte forvaltinga av vilt- og fiskeressursane krev at rettshavarane er organiserte i høvelege einingar som kan ivareta interessene deira. Slike einingar må vere juridisk og økonomisk forpliktande, slik at styresmaktene kan opptre formelt i høve til eit driftsplanområde. I følgje ei oversikt utarbeidd av Norske Lakseelvar og Noregs Skogeigarforbund hausten 2004 var det sett i gang driftsplanarbeid eller utarbeidd ferdige driftsplanar for i overkant av 70 pst. av laksevassdraga med årleg fangst på 100 kg eller meir.

I jaktåret 2003/2004 var det når det gjeld elg 1 000 vald av totalt 2 278 som hadde driftsplanar. Driftsplanbasert elgforvaltning skjer først og fremst innan dei store valda, dvs. vald med fellingskvote over 20 dyr.

Arbeidsmål 5.1. Førebyggje utilsikta introduksjonar av framande arter, og negative effektar av eksisterande og tilsikta nye introduksjonar gjennom meir dekkjande regelverk, tiltak, informasjon og sektorsamarbeid.

Vi står overfor store utfordringar knytte til introduksjon og spreiing av framande arter. Auka handel, turisme, reising og nedbygging av grensekontroll mellom land og kontinent gjer at mange artar blir spreidde til nye område der dei ikkje høyrer heime. Globalt er menneskeskapt spreiing av arter i dag ein av dei største truslane mot mangfaldet i naturen. FN-konvensjonen om biologisk mangfald pålegg oss, så langt det er mogleg og formålstenleg, å hindre innføring av og kontrollere eller utrydde arter som trugar økosystem, leveområde eller arter.

Det regjeringsoppnemnde lovutvalet for biologisk mangfald har foreslått nytt regelverk på dette området.

Framande arter kan ha effektar som grip over mange sektorar. Regjeringa vil i løpet 2005 utarbeide ein tverrsektoriell nasjonal strategi med tiltak som varsla i St.meld. nr. 21 (2004-2005) Regjeringens miljøvernpolitikk og rikets miljøtilstand. Strategien vil vere ei felles plattform for korleis sektorane skal handtere både tilsikta og utilsikta introduksjonar av framande arter. Som nemnt i meldinga vil strategien blant anna innehalde tiltak mot spreiing av framande treslag i skogbruket, mot spreiing av framande plantearter langs vegar og andre samferdselsanlegg, og mot spreiing av framande arter og bestandar via akvakultur. Artsdatabanken er òg i gang med utarbeiding av ei «svarteliste» over framande arter som trugar eller kan komme til å truge økosystem, habitat eller arter i Noreg.

Det vil bli lagt auka vekt på tiltak og informasjon til allmenta om kva reglar som gjeld ved innførsel av dyr og planter til Noreg, og kva for konsekvensar innførsel og spreiing kan føre med seg.

Ei mengd ulike arter gjer meir eller mindre skade eller kan komme til å utvikle seg til problemarter økologisk og/eller økonomisk. I ferskvatn har Gyrodactylus salaris, furunkulose, krepsepest, pungreke, vasspest og ørekyte gjort stor skade. Marint er kongekrabbe, amerikansk hummar og japansk drivtang eksempel på problemarter. På land er canadagås, mårhund, bisamrotte, mink, tromsøpalme/kjempebjørnekjeks, platanlønn og lupinar eksempel på problemartar der ein må følgje med utviklinga og setje inn tiltak om naudsynt. Nyare forsking tyder på at rømt farmrev har kryssa seg med fjellrev i Sør-Noreg.

Konvensjonen om kontroll og behandling av ballastvatn i skip og sediment krev at skip skal gjennomføre utskifting av ballastvatn for å redusere risikoen for introduksjon av framande organismar. Utskifting av ballastvatn er berre eit mellombels tiltak, og alle skip skal frå eit gitt tidspunkt oppfylle krav til reinsing av ballastvatn etter ein nærare definert standard. Krav til slik reinsing av ballastvatn vil bli fasa inn i perioden frå 2009 til 2016. Noreg vil ratifisere IMO-konvensjonen så raskt som mogleg, og arbeide for at konvensjonen snart trer i kraft internasjonalt. Noreg deltek òg aktivt i samarbeidet for å lage ein regional strategi for behandling av ballastvatn for området Nordsjøen/Vest-Europa.

Arbeidsmål 5.2. Handtere reguleringa av utsetjing og omsetning av genmodifiserte organismar ut frå best mogleg kunnskap, slik at det ikkje oppstår skade på helse og miljø.

Talet på land som set ut genmodifiserte organismar (GMO) i miljøet aukar. I 2004 vart genmodifisert soya, mais, bomull, raps, squash og papaya dyrka på 81 millionar hektar fordelt på 17 land. Meir enn ein tredel (26,7 mill. hektar) blir dyrka i utviklingsland. Det er framleis stor usemje om bruk og regulering av GMO mellom dei landa som produserer og eksporterer GMO og andre land. På partsmøtet under Cartagena-protokollen om GMO (sjå nærare omtale under arbeidsmål 7.2) i mai i år medførte dette at ein ikkje kom fram til eit endeleg vedtak om detaljerte reglar for merking av GMO ved transport over landegrensene.

Noregs GMO-regelverk og -politikk er blant dei mest restriktive i verda. Både genteknologilova og våre internasjonale plikter (EØS-avtala, Cartagena-protokollen og WTO-avtala) stiller strenge krav til vitskapeleg risikovurdering for vedtak om godkjenning av eller forbod mot GMO.

Av 42 omsøkte produkt i EU/EØS under direktivet om utsetjing av GMO i miljøet (tidlegare 90/220/EØF, no 2001/18/EF) er 16 godkjende i EU. Noreg har gjennom ei tilpassing i EØS-avtala sagt nei til åtte produkt. Produkta er forbodne hovudsakleg fordi dei inneheld genar som kan gi resistens mot antibiotika. Noreg har såleis eit anna syn på antibiotikaresistensgenar i GMO enn EUs rådgivande vitskapelege organ European Food Safety Authority (EFSA) som meiner at slike genar berre inneber minimal risiko. EU godkjende i fjor den første GMO sidan 1998, og vil truleg i løpet av dei næraste månadene godkjenne fleire. Noreg må då ta stilling til om desse skal vere forbodne eller ikkje etter genteknologilova.

EU har vedteke nye reglar om utsetjing i miljøet av GMO, bruk av GMO til mat og fôr, merking og høve til sporing av GMO og høve til sporing av genmodifisert mat og fôr. EU-reglane har nærma seg dei norske i vesentleg grad. Regjeringa går inn for å forhandle med EU om å innlemme desse reglane i EØS-avtala med ei vidareføring av EØS-tilpassinga vi har i dag. Tilpassinga gir oss rett til å forby GMO som EU godkjenner, dersom vi meiner det er nødvendig ut frå genteknologilova.

Globalt er Cartagena-protokollen om GMO det sentrale verkemiddelet for å sikre at handel med og bruk av levande GMO ikkje skader biologisk mangfald eller helse. Sjå òg omtale under arbeidsmål 7.2.

Arbeidsmål 6.1. Medverke til å redusere presset på truga arter og ansvarsarter gjennom samarbeid med andre involverte partar.

I den nasjonale raudlista blir det ført oversikt over arter som er truga av utrydding, arter som er sårbare og arter som krev omsyn. Artsdatabanken, som vart etablert i januar 2004, vil vere viktig i raudlistearbeidet framover. Arbeidet med revisjon av raudlista er starta opp i Artsdatabanken, og er planlagt ferdig i 2006. Raudlista skal godkjennast av Direktoratet for naturforvaltning.

Gjennom den gradvise utbygginga av Statens naturoppsyn er kontrollen med ulovleg jakt på sårbare og truga arter blitt stadig betre.

Gjennom Stortingets behandling av St.meld. nr. 21 (2004 – 2005) Regjeringens miljøvernpolitikk og rikets miljøtilstandblir det nasjonale programmet for kartlegging og overvaking ført vidare. Gjennom dette blir truga og omsynskrevjande arter og naturtypar kartlagde, og kunnskapen blir gjort tilgjengeleg for forvaltningsstyresmaktene på alle nivå.

Det er laga ein handlingsplan for fjellrev, og det er sett av midlar til oppfølging i tråd med denne, sjå omtale under 6.3. For rovvilt og laks viser ein til eigne omtaler. Det blir elles drive ei minimumsovervaking av dverggås (på viltfondsmidlar), ferskvasskreps og elvemusling. Ferskvasskrepsen er lista som omsynskrevjande i den norske raudlista, og den er på liste III i Bern-konvensjonen. I 1998 utarbeidde Østlandsforskning eit forslag til forvaltningsplan for kreps. Dette forslaget ligg til grunn for forvaltninga av bestandane av ferskvasskreps, og det er utarbeidd eit forslag til overvaking av 27 representative krepsebestandar. I 2005 vart det påvist krepsepest i Glomma, og det er satt i gang tiltak for å hindre vidare spreiing av sjukdommen.

Elvemuslingen er lista som sårbar i den norske raudlista, og den er på liste III i Bern-konvensjonen. Bortsett frå tre-fire elvar i Skottland og eit par i Russland er Noreg det einaste landet i verda som har igjen gode, livskraftige bestandar av elvemusling.

Noreg er det einaste landet i Europa som framleis har intakte høgfjellsøkosystem med bestandar av villrein. Villrein hadde opphavleg ei meir eller mindre samanhengande utbreiing i Sør-Noreg. I dag blir villreinen forvalta i 23 villreinområde. Ulike arealinngrep, men først og fremst vegar, jernbane og kraftutbyggingar, har medverka til fragmenteringa av leveområdet for villreinen. Dei største utfordringane i dag er knytte til inngrep i randsonene til fleire av villreinområda. Vidare avgrensar ferdsel inn i områda villreinen si utnytting av beiteressursane.

På oppdrag frå Direktoratet for naturforvaltning vart det i 2004 gjennom prosjektet Villrein og Samfunn gjennomført ein brei gjennomgang av kunnskapsstatus og eksisterande tiltak og verkemiddel i villreinforvaltninga, i nært samspel mellom forsking, forvaltning og brukarar. Rådgjevingsgruppa i prosjektet har komme med klare tilrådingar gjennom NINA Temahefte 27: Villrein og Samfunn – En veiledning til bevaring og bruk av Europas siste villreinfjell. Det er blant anna tilrådd at forvaltninga må fokusere på villreinfjella for å få det naudsynte heilskapsperspektivet, og det er gjort framlegg om å opprette nasjonale villreinområde og europeiske villreinregionar. Departementet har følgt opp dei arealpolitiske tilrådingane frå prosjektet gjennom St.meld. nr. 21(2004-2005) Regjeringens miljøvernpolitikk og rikets miljøtilstand.

I regi av Direktoratet for naturforvaltning blir det i 2005 gjennomført eit arbeid med å digitalisere informasjon om leveområda for villreinen. Informasjonen kan koplast saman med annan tilgjengeleg informasjon om t.d. planar og inngrep i fjellområda gjennom ei databaseløysing, og systemet vil bli tenleg for blant anna arealplanlegginga i kommunar og fylkeskommunar.

Statens naturoppsyn samarbeider med villreinutvala og lokalt politi om kompetansebygging og gjennomføring av oppsynet, slik at dette kan skje på ein effektiv og einsarta måte i alle område.

Plan- og bygningslova vil vere eit sentralt verkemiddel for å ta vare på leveområda til arter som ikkje er sikra i eigne verneområde. Kommunar og sektorar er usikre på korleis dei kan bruke den lova vi har i dag. Ein del kommunar har hausta erfaringar med dette arbeidet, og ved å overføre dei gode erfaringane kan ein i større grad oppnå at kommunane legg kartlegginga til grunn for sine vedtak og planar.

Arbeidsmål 6.2. Sikre levedyktige bestandar av rovvilt gjennom målet om 65 årlege ynglingar av gaupe, 39 årlege ynglingar av jerv, 15 årlege ynglingar av bjørn, 3 årlege ynglingar av ulv og 850-1200 årlege hekkingar av kongeørn.

Det nasjonale bestandsovervakingsprogrammet for rovvilt rapporterer at det i 2004 var tre ynglingar av ulv i Noreg, av totalt 12 i Skandinavia. Det nasjonale målet er sett til tre årlege ynglingar i Noreg innafor eit nærare definert forvaltningsområde for ynglande ulv i Hedmark, Akershus, Østfold og Oslo. Grensebestandar kjem i tillegg. Dei norske ynglingane skjedde i 2004 på Koppang, i Gråfjell og i Julussa. Tre av dei tolv ynglingane i Skandinavia skjedde i grensebestandar mot Sverige med hovudvekt på svensk side. For 2005 er det venta 11-15 ynglingar i Skandinavia. Vinteren 2005 vart paret i Koppangskjølen, leiartispa i Gråfjellreviret og eit par i Åsta-området felt under lisensfelling. Innafor det fastsette forvaltningsområdet for ulv er det pr. 1. september 2005 registrert ei familiegruppe (Julussa), og ingen nye par. DNA-analysar av dei skandinaviske ulvane viser eit nært slektskap, noko som på lang sikt kan gi innavlsdefektar dersom det ikkje år om anna kjem inn nye individ gjennom naturleg innvandring frå Finland/Russland. Forskarane ventar likevel dei næraste åra ein vekst i den skandinaviske ulvebestanden.

Det nasjonale målet for bjørn er sett til 15 årlege ynglingar. Registreringar kan tyde på ein viss vekst i bestanden, men det er enno langt igjen til bestandsmålet er nådd. Reproduktive binner er påviste i Finnmark (Sør-Varanger), Nord-Trøndelag (Lierne) og Hedmark (Trysil).

For jerv viser bestandsregistreringane at det i 2004 vart dokumentert 47 ynglingar i Noreg. Av desse var 26 i Sør-Noreg. Det nasjonale målet er sett til 39 årlege ynglingar. Tala tyder på ein klar auke i bestanden av jerv i Sør-Noreg og ein liten nedgang i Nord-Noreg.

For gaupe viser rapporten frå NINA frå august 2005 at det vinteren 2005 var 51-56 familiegrupper før gaupejakta starta i februar, mens det nasjonale målet er sett til 65 årlege ynglingar. Bestanden har siste året auka med 20-25 pst. i heile landet.

Bestanden av kongeørn er på landsbasis rekna for å vere stabil på omlag 850-1200 hekkande par. Frå og med 2005 inngjekk kongeørn i det nasjonale overvakingsprogrammet for rovvilt.

Frå og med 1. april 2005 gjeld nytt regime for forvaltninga av rovvilt der åtte regionale rovviltnemnder har ein viktig funksjon i forvaltinga. Ny erstatningsordning for rovvilt blir omtalt under punktet om Verkemiddel.

Arbeidsmål 6.3. Byggje opp att bestanden av fjellrev til eit livskraftig nivå.

Fjellreven sin situasjon i Noreg er svært alvorleg. I Noreg (utanom Svalbard) er det færre enn 50 vaksne fjellrevar att, og arta er klassifisert som «direkte truga» på raudlista.

Regjeringa har sett i gang tiltak for å hindre at fjellreven blir borte frå den norske fjellnaturen. I 2005 vart det sett av om lag 4,9 mill. kroner til formålet, det same som i 2004. Arbeidet med fjellreven skjer med utgangspunkt i ein handlingsplan som er utarbeidd av Direktoratet for naturforvaltning (2003).

Eitt av tiltaka er eit prosjekt med innfanging og avl av fjellrev for seinare utsetjing i naturen. Dei eldste dyra vart fanga inn i 2001. Ein eigen avlsstasjon for formålet blir bygd på Oppdal i 2005. I første omgang vil arbeidet bli konsentrert om å få fram kvelpar på den nye avlsstasjonen.

Seks kvelpar fødde på Langedrag og tre vaksne er førebels tekne ut av avlsprosjektet, då det er sannsynleg at desse dessverre har farmrevgener i seg. Sikker dokumentasjon på dette vil ein få i løpet av 2005. Ytterlegare forsking på fjellrevgenetikk er påkravd og vil bli prioritert. I 2004 vart det sett i gang eit fleirårig forsøk med raudrevkontroll på Varangerhalvøya. Prosjektet har som målsetjing å få redusert raudrevbestanden slik at raudreven sin konkurranse med fjellreven på Varangerhalvøya blir mindre. Ei målsetjing i prosjektet er også at uttak av raudrev som metode kan bli grundig evaluert. Uttak av raudrev i prosjektområdet starta i slutten av mars 2005. Det er òg planlagt gjennomført ei kartlegging av førekomsten av raudrev i Børgefjell i 2006.

Overvaking av fjellrevbestanden blir gjennomført årleg. Det er oppretta ein nasjonal database over hi for fjellrev.

Arbeidsmål 6.4. Sikre dei ville laksebestandane.

Laksefisket dei siste åra har totalt sett vore betre enn på mange år som følgje av betre temperaturforhold i havet og gode føresetnader for oppvandring i elvane i fiskesesongen. Sesongen 2004 gir likevel inntrykk av at den positive utviklinga har stogga, men dette vil bli klarare dei nærmaste åra. Det er i all hovudsak dei bestandane som har vore i rimeleg god forfatning også i dei seinare åra som har gitt grunnlag for auka fangst. Omlag ein femdel av bestandane er framleis truga eller sårbare, mens 45 bestandar har gått tapt.

Lakseforvaltninga har dei seinare åra fått nye krav og premissar gjennom nasjonale politiske vedtak og gjennom vedtak i NASCO (North Atlantic Salmon Conservation Organisation). Stortingsvedtaket om å innføre ordninga med nasjonale lakselvar og -fjordar vart gjort for å gi dei viktigaste laksebestandane i Noreg eit betre vern (Innst. S. nr. 134 (2002-2003)). Det inneber auka vernetiltak og overvaking i dei elvane og fjordane som får nemninga «nasjonale». I samband med Stortingsvedtaket er det stilt krav om at ordninga skal evaluerast. Dette vil skje gjennom eit eige evaluerings- og overvakingsprogram som vart sett i gang i 2005.

I 2005 har Direktoratet for naturforvaltning utarbeidd ein heilskapleg plan for den framtidige lakseovervakinga innafor eige sektoransvar. Denne planen tek vare på dokumentasjonskrava i samband med den konkrete gjennomføringa av føre var-tilnærminga, og tek også opp i seg naturforvaltninga sin del av programmet for overvaking og evaluering av nasjonale laksevassdrag og -fjordar.

NASCO har vedteke å gjennomføre føre var-prinsippet i lakseforvaltninga, og har gitt detaljerte retningslinjer for korleis dette skal gjerast. Noreg vil følgje opp NASCOs retningslinjer. Retningslinjene inneber at forvaltninga av laksen skal baserast på konkrete målsetjingar for ønskt lakseproduksjon og bestandstilstand, og at bestandstilstanden skal overvakast og evaluerast regelmessig.

Arbeidet med å utrydde Gyrodactylus salaris held fram i 2006 i samsvar med handlingsplanen til Direktoratet for naturforvaltning og Mattilsynet. I 2005 starta utryddingsaksjonen i Lærdalsvassdraget i Sogn og Fjordane. Det vart gjennomført to behandlingar av vassdraget, ei om våren og ei om hausten. Metoden som vart nytta var tilsetjing av aluminiumsulfat kombinert med rotenon på område der det var lite formålstenelig å nytte aluminium. Parallelt med utryddingsaksjonen i Lærdalsvassdraget starta kartlegging og planarbeid i Romsdalsregionen. I 2006 vil hovudfokus bli retta mot avsluttande behandling i Lærdalsvassdraget og oppstart av kjemisk behandling i Romsdalsregionen. Det føregår i dag kalking i 22 laksevassdrag i Sør-Noreg. Dette har ført til at laksebestanden er bygd opp att i mange forsuringsskadde elvar, og til ein vesentleg auke i laksefangstane på Sør- og Sørvestlandet. Det er viktig at kalkingsaktiviteten blir halden oppe og justert i høve til den aktuelle forsuringssituasjonen i desse områda.

Statens naturoppsyn har styrkt lakseoppsynet gjennom organisatoriske endringar og effektivisering. Gjennom samarbeid og samordning med politiet, Kystvakta og andre aktørar vil utviklingstrekk i viktige lakseområde bli fanga betre opp, og kontrollen med ulovleg fiske bli styrkt. Totalt vart det av Statens naturoppsyn meldt til politiet 328 tilfelle av brot på lakse- og innlandsfisklova i 2004.

Arbeidsmål 7.1. Medverke til sektordepartementa sitt arbeid med vern og berekraftig bruk av biologisk mangfald.

Miljøverndepartementet har ei viktig oppgåve i å medverke til dei andre departementa sitt arbeid med vern og berekraftig bruk av biologisk mangfald. Hovuddelen av det biologiske mangfaldet finst utanfor verneområda og blir forvalta av andre sektorar enn miljøvernforvaltninga. Bevaring av biologisk mangfald er derfor ei sektorovergripande utfordring som krev samordning og forpliktande samarbeid på tvers av sektorane. Dei siste åra har fleire sektorar gjort viktige framsteg i å medverke til ei berekraftig forvaltning av det biologiske mangfaldet. Bl.a. er departementa si deltaking i det nasjonale programmet for å kartleggje og overvake verdifulle naturtypar og truga arter svært verdifull. Sektorane har ansvar for miljøretta kunnskapsinnhenting innafor ansvarsområdet for eigen sektor, både langsiktig kompetanseoppbygging og meir forvaltningsretta forskingsaktivitetar.

Miljøverndepartementet vil halde fram med arbeidet for betre samordning av blant anna verkemiddelbruk og kunnskap i arbeidet med å ta vare på det biologiske mangfaldet.

Arbeidsmål 7.2. Leie og samordne det norske arbeidet med Konvensjonen om biologisk mangfald, og å sikre at Noreg følgjer opp sine nasjonale plikter under denne og andre internasjonale konvensjonar og avtaler som er relevante for å ivareta biologisk mangfald.

Konvensjonen om biologisk mangfald (CBD) har tre målsetjingar; bevaring av biologisk mangfald, berekraftig bruk av biologisk mangfald og rettferdig fordeling av utbyttet av genetiske ressursar. Sentralt i arbeidet står korleis konvensjonen best kan følgje opp si leiande rolle i å nå målet om ein betydeleg reduksjon i tapet av biologisk mangfald innan 2010, jf. semje om dette på verdstoppmøtet i Johannesburg i 2002 (WSSD) om berekraftig utvikling.

Som ei viktig oppfølging av WSSD vart det oppretta ei arbeidsgruppe som skal forhandle fram eit internasjonalt regime for tilgang til og rettferdig utbyttefordeling av genetiske ressursar. Noreg vil delta aktivt i arbeidet med å utvikle ordningar som kan sikre ei meir rettferdig fordeling av goda frå utnyttinga av genressursar, med særleg sikte på å støtte velferdsutviklinga i fattige land.

Cartagena-protokollen om genmodifiserte organismar (GMO) skal sikre at handel og bruk av levande GMO ikkje skader biologisk mangfald eller helse. Protokollen trådde i kraft 11. september 2003. Protokollen har no ca. 120 partar. Det første partsmøtet for protokollen vart halde i februar 2004. Partsmøtet styrkte globale reglar for korleis GMO skal merkjast og identifiserast ved transport over landegrensene. Landa vart likevel ikkje samde om detaljerte merkereglar på det andre partsmøtet i juni 2005. Saka vert teken opp att på neste partsmøte. Det er oppretta ei arbeidsgruppe som skal forhandle fram internasjonale reglar om ansvar og erstatning for skadar som skuldast GMO. Det er òg sett ned ein komité som skal kontrollere at protokollen blir etterlevd i praksis. Noreg er valt inn som medlem av denne komiteen for perioden 2005-2006. Noreg vil i samarbeid med EU halde fram med å vere pådrivar for å styrkje protokollen, bl.a. gjennom særeigen merking og identifikasjon av GMO og reglar om ansvar og erstatning.

Noreg har medverka aktivt til ei operasjonalisering og vidareutvikling av CBD, blant anna gjennom «Trondheimskonferansane». Regjeringa tek sikte på å halde ein ny Trondheimskonferanse om biologisk mangfald i 2007, knytt til målet om ein betydeleg reduksjon i tapet av biologisk mangfald innan 2010 og med fokus på kva rolle biologisk mangfald har i fattigdomsreduksjon og oppfølging av FNs tusenårsmål. Noreg arbeider for å knyte desse tema tettare saman på den internasjonale dagsordenen, jf. St.meld. nr. 35 (2003 –2004) Felles kamp mot fattigdom, der det bl.a. blir vist til at negative endringar i naturtilhøva er ein trussel mot redusert fattigdom. Det er framleis ei hovudutfordring å samordne arbeidet mellom relevante internasjonale fora og konvensjonen om biologisk mangfald. Det globale utgreiingsprosjektet Millennium Ecosystem Assessment (2005) gir ein samla kunnskap om økosystema i verda. Målet med det globale prosjektet er å bidra til heilskapleg forvaltning av økosystema slik at menneskeleg helse og trivsel kan bli oppretthalden i generasjonar. Noreg vil arbeide for at denne kunnskapen blir brukt i relevante fora, og bidra til at denne typen vitskapelege vurderingar blir fast etablerte for å betre internasjonale avgjerder.

Noreg har medverka aktivt i det internasjonale samarbeidet for å beskytte kaldtvasskorallrev og andre sårbare marine naturtypar, blant anna gjennom International Coral Reef Initiative (ICRI). Regjeringa vil vidareføre dette arbeidet.

Verkemiddel

Resultatområdet er planlagt finansiert med totalt 609,8 mill. kroner. Finansieringa er i hovudsak dekt av budsjettramma for Direktoratet for naturforvaltning, jf. kap. 1427, og fagkapitla 1425 og 1426, men òg kapitla 1400, 1410, 1429 og 1441 inneheld budsjettmidlar som medverkar til finansieringa av resultatområdet i 2006. Fylkesmannen har òg ansvar for store oppgåver under resultatområde 1. Ein viser til nærare omtale av desse under resultatområde 11. Midlar til lønn og drift for desse oppgåvene er budsjetterte på kap. 1510 Fylkesmannsembeta under Moderniseringsdepartementets budsjett.

Naturvernlova, viltlova, lakse- og innlandsfisklova, genteknologilova og plan- og bygningslova er dei viktigaste juridiske verkemidla for miljøvernforvaltninga innan resultatområdet. Friluftslova har innverknad på arealforvaltning og naturbruk. Vernearbeidet etter naturvernlova skjer i det alt vesentlege gjennom tematiske fylkesvise verneplanar, nasjonalparkplanen, marin verneplan og verneplanar for utvida skogvern. Område med særleg store natur- og kulturverdiar kan òg fredast etter kulturminnelova, eventuelt i kombinasjon med naturvernlova og plan- og bygningslova. Plan- og bygningslova er det viktigaste generelle verkemidlet for å ta vare på omsynskrevjande naturtypar og arter på dei ca. 85 pst. av areala som ikkje blir omfatta av vern. Lov om statleg naturoppsyn har som mål å ivareta nasjonale miljøverdiar og førebyggje miljøkriminalitet. Lova har lagt grunnlaget for etablering av Statens naturoppsyn. Evalueringa av Statens naturoppsyn våren 2005 peiker på nye tiltak for å styrkje og utvikle organisasjonen vidare, jf. omtale av evalueringa i Del III under kap. 1426.

Administrasjonen av storviltjakt i statsallmenning vart overført frå Statskog SF til fjellstyra i 2004.

Motorisert ferdsel i utmark og vassdrag er regulert av motorferdsellova og nasjonal forskrift for bruk av motorkøyretøy i utmark. Også her er det stort behov for målretta og samordna oppsyns-, kontroll- og førebyggingstiltak.

Framstilling og bruk av genmodifiserte organismar (GMO) er regulert i genteknologilova, i samsvar med prinsippet om berekraftig utvikling. Forvaltninga i Miljøverndepartementet skjer i samråd med andre aktuelle departement.

I utgreiing NOU 2004:28 Lov om bevaring av natur, landskap og biologisk mangfold (naturmangfaldlova) fremja Biomangfaldlovutvalet forslag til endringar i erstatningsordninga ved vern etter naturvernlova. Miljøverndepartementet har i brev av 4. januar 2005 bestemt at grunneigarar og rettshavarar som har fått område verna som nasjonalpark eller landskapsvernområde, og der den ordinære fristen for å krevje erstatning ikkje har gått ut 1. januar 2002, skal få utsetjing av fristen til 31. desember 2006, jf. naturvernlova 20b.

Ulike internasjonale konvensjonar og avtaler står sentralt i utvikling og oppfølging av norsk arbeid med biologisk mangfald, med konvensjonen om biologisk mangfald som den mest sentrale av desse. Det er no stort fokus på oppfølging av konvensjonen for å nå 2010-målet om å stanse tapet av biologisk mangfald. Konkretisering av nødvendige tiltak og rapportering er derfor prioritert. Gjennom arbeidet i PEBLDS og EEA er det ei regional tilnærming til dette arbeidet som Noreg også vil prioritere. Resultatområde 8 gir ei omtale av anna internasjonalt samarbeid som òg omfattar biologisk mangfald, bl.a. i høve til arktisk samarbeid, naturvernsamarbeid med Russland og miljøretta bistand.

Internasjonalt blir det arbeidd i ulike fora med problema kring avskoging i tropiske land, og ulovleg og ikkje berekraftig hogst og handel med tropisk tømmer. Det er bestemt at staten ikkje skal kjøpe inn produkt av tropisk tømmer som anten er ulovleg eller produsert på ein ikkje berekraftig måte. Dette betyr at tropiske tømmerprodukt som blir kjøpte inn av staten må vere sertifiserte gjennom ei godkjent sertifiseringsordning.

Ved behandlinga av budsjettet for 2005 viste eit fleirtal i Energi- og miljøkomitéen til problemet med avlingstap på visse jordbruksareal på grunn av gjæser. Komitéfleirtalet bad

«Regjeringen vurdere om en kompensasjon til de mest rammede bøndene gjennom en leieordning kan være et aktuelt tiltak å videreføre som en permanent ordning.»

Tiltak knytte til beiteskadar av gjæser vart vurderte under jordbruksforhandlingane i 2005, og det vart semje om følgjande:

«Det avsettes midler til skadeforebyggende og konfliktdempende tiltak for beiteskader forårsaket av trekkende gjess f.o.m. 2006. Dette finansieres med 2 mill. kroner over jordbruksavtalen til tilskudd for friarealer for gjess. Tilskuddet gis som et fast arealtilskudd, og ordningen forvaltes av fylkesmannen. Detaljene utarbeides i samråd med avtalepartene. Innenfor rammen av budsjettet for 2006 tar Miljøverndepartementet sikte på å avsette 2 mill. kroner til tiltak vedr. forvaltning av artene, forebygging av skader og FoU-tiltak. Dette inkluderer bl.a. registrering og overvåking av bestandene, kartlegging av landingsmønster osv. som grunnlag for utpeking av egnede friområder.»

Ny erstatningsordning for husdyr og tamrein tekne av rovvilt

I samsvar med Stortingets vedtak, er det Regjeringas målsetjing i rovviltpolitikken å vidareføre eit aktivt landbruk og ei aktiv reindrift, samtidig som det blir lagt til rette for eit nærare angitt måltal for førekomstar av rovvilt i norsk natur. Etter Stortingets behandling av St.meld. nr. 15 (2003-2004) Rovvilt i norsk natur våren 2004 jf. S. nr. 174 (2003–2004), er det etablert ei ny rovviltforvaltning med åtte regionale rovviltnemnder. Desse nemndene har hovudansvaret for felling, jakt og førebyggjande og konfliktdempande tiltak innafor rammene av nasjonale måltal for bestandar av kvar rovviltart i den enkelte regionen.

Eit sentralt element i ei ny heilskapleg rovviltforvaltning er endringar i dagens erstatningsordning for rovviltskade. I St.meld. nr. 15 (2003-2004) foreslo Regjeringa at dagens erstatningsordning må dreiast mot ei ordning som klarare stimulerer til aktive driftsmessige tilpassingar i dei mest rovviltutsette områda. I eit langsiktig perspektiv vil dette bidra til lågare tap og mindre lidingar for dyra.

Stortingets behandling av ny erstatningsordning i Innst. S. nr. 174 (2003-2004)

Ved behandlinga av St.meld. nr. 15 (2003-2004) fatta Stortinget følgjande vedtak med omsyn til ei ny erstatningsordning:

«Erstatningsordningen for rovviltskader skal fortsatt ligge i Miljøverndepartementet. Ordningen skal innrettes slik at en betydelig del av erstatningene gis som forhåndsutbetaling som insentiv til iverksettelse av forebyggende tiltak, men det skal fortsatt gis skjønnsmessig erstatning for udokumentert tap.

Stortinget ber Regjeringen komme tilbake med endringer og utvidelse av Regjeringens foreslåtte ordning, som tar hensyn til at det fortsatt er behov for skjønnsmessige erstatningsutbetalinger, basert på at mye tap er vanskelig å dokumentere på tross av iverksettelse av forebyggende tiltak.

Stortinget ber Regjeringen komme tilbake til Stortinget med en egen sak om dette, senest i forbindelse med statsbudsjettet for 2006. Inntil ny ordning gjennomføres, videreføres dagens ordning.»

Utkast til forskrift

For å følgje opp Stortingets signal om ei revidert ordning for rovvilterstatningar sende Miljøverndepartementet 24. februar 2005 eit utkast til forskrift på høyring med høyringsfrist 25. mai 2005.

Formålet med den nye erstatningsordninga er todelt. For det første er det eit mål at driftseiningar med husdyr og tamrein skal få full erstatning for økonomiske tap når rovvilt skader eller drep beitedyr. Dette er i tråd med viltlova § 12a. For det andre skal erstatningsordninga motivere driftseininga til å setje i verk effektive førebyggjande tiltak. Erstatningsordninga er utforma på ein slik måte at det skal vere lønnsamt for den enkelte driftseininga å tilpasse seg slik at rovviltskade blir redusert mest mogleg.

Nærare om ny erstatningsordning

Det tapet driftseininga har som følgje av rovvilt skal erstattast gjennom ei samla og heilskapleg erstatningsordning som vil bestå av følgjande tre hovudelement:

  1. Førehandsutbetalt risikoerstatning

  2. Erstatning for dokumentert rovviltskade

  3. Erstatning for udokumentert rovviltskade

Element 1 og 3 vil vere statens samla utbetaling til udokumenterte tap av husdyr og tamrein grunna rovvilt. Dette kan samanliknast med dagens erstatningsutbetaling for udokumenterte tap, som i 2004 utgjorde vel 90 pst. av dagens erstatningsutbetalingar. Element 2 dekkjer dei tapa som blir dokumenterte ved hjelp av feltpersonell frå Statens naturoppsyn. Dette kan direkte samanliknast med dagens utbetaling for dokumenterte tap, som i 2004 utgjorde knapt 10 pst. av samla utbetaling av erstatningar for husdyr og tamrein.

Førehandsutbetalt risikoerstatning

Stortingets fleirtal uttalte ved behandlinga av St.meld. nr. 15 (2003-2004) at erstatningsordninga for rovviltskadar « skal innrettes slik at en betydelig del av erstatningene gis som forhåndsutbetaling som insentiv til iverksettelse av forebyggende tiltak…»(Innst. S. nr. 174 (2003-2004). Dette er også i tråd med tidlegare vedtak i energi- og miljøkomiteen om at det er behov for å utgreie alternative erstatningsordningar, jf. Innst. S. nr. 301 (1996-97). Forskriftsutkastet inneheld reglar om slik erstatning, som etter forskrifta er omtalt som «risikoerstatning». Sjølve omgrepet «risikoerstatning» er i utkastet definert som «forhåndserstatning for rovviltskade, beregnet på grunnlag av risikoen for rovviltskade som erfaringsmessig oppstår i områder med forekomst av rovvilt».

Risikoerstatninga blir fastsett ved beitesesongens eller reindriftsårets start. Erstatninga givast for rovviltskade som ut frå erfaringsgrunnlaget er venta å oppstå, men utan at skaden må dokumenterast konkret i etterkant. Risikoerstatninga blir utbetalt på eit tidspunkt som gjer driftseininga i stand til å setje i verk førebyggjande tiltak så langt det er mogleg.

Risikoerstatning blir fastsett for den enkelte driftseininga, og utrekninga av risikoerstatninga skal følgje av ei eiga forskrift som er under utarbeiding. Utrekninga skal byggje på ein risikofaktor for eit konkret område og ein sats pr. beitedyr.

I tillegg til risikoerstatninga kan vedkommande driftseining, som i dag, søkje om midlar til førebyggjande tiltak uavhengig av risikoerstatninga.

Erstatning for dokumentert rovviltskade

St.meld. nr. 15 (2003-2004) har som utgangspunkt at «dagens ordning med full erstatning for alle dokumenterte rovvilttap skal videreføres». Dette følgjer også av viltlova § 12a. Reglane i forskriftsutkastet om erstatning for dokumentert rovviltskade er såleis ei vidareføring av gjeldande reglar om dette. I motsetning til risikoerstatninga, blir erstatning for dokumentert rovviltskade fastsett og utbetalt etter at skaden har oppstått.

Erstatning for udokumentert rovviltskade

Stortinget uttalte ved behandlinga av St.meld. nr. 15 (2003-2004), jf. Innst. S. nr. 174 (2003-2004), at Regjeringa i tillegg til ei ordning med førehandsutbetalt erstatning og erstatning for dokumenterte tap også kjem tilbake med

«.. endringer og utvidelse av Regjeringens foreslåtte ordning, som tar hensyn til at det fortsatt er behov for skjønnsmessige erstatningsutbetalinger, basert på at mye tap er vanskelig å dokumentere på tross av iverksettelse av forebyggende tiltak»

Ei slik ordning er også nedfelt i forskriftsutkastet. Ordninga skal for det første dekkje udokumenterte rovviltskadar der det ikkje er truleg at det vil oppstå rovviltskade, og der det derfor ikkje er utbetalt risikoerstatning i forkant av beitesesongen. For det andre skal ordninga dekkje udokumenterte rovviltskadar der det er gjennomført førebyggjande tiltak, men der det likevel har oppstått rovviltskade som ikkje kan dokumenterast.

Som ved dokumentert rovviltskade, blir erstatning for udokumentert rovviltskade fastsett og utbetalt etter at skaden har oppstått.

Kort oppsummering av høyringsrunden

Høyringsinstansane vart bedt om å gi sitt syn på hovudinnretninga av den foreslåtte erstatningsordninga, og den nærare utforminga av den enkelte paragraf. Det kom inn vel 80 høyringssvar. Mange moment frå høyringsrunden vil bli innarbeidde i den endelege forskrifta i løpet av vinteren 2005-2006. Berørte næringsorganisasjonar i landbruket er i hovudsak kritiske til å endre dagens erstatningsordning ved å innføre ei førehandsutbetalt risikoerstatning. Blant anna uttaler dei at det er staten som har ansvaret for å setje i verk og finansiere førebyggjande tiltak mot skadar på bufe av freda rovvilt, og at forslaget er ei ansvarsfråskriving frå styresmaktene si side. Vidare blir det uttalt at det ikkje finst forsvarlege førebyggjande tiltak mot rovviltskade som dyreeigarar kan setje i verk, og at utrekningar som er baserte på bestandsregistreringar vil bli svært konfliktfylte. Det blir òg uttalt at forslaget vil medføre mindre målretta bruk av midlar. Blant anna på denne bakgrunnen konkluderer desse instansane med at ei ny erstatningsordning bør forkastast eller utsetjast i tid. Departementet vil her vise til energi- og miljøkomiteens eiga høyring i samband med behandlinga av St.meld. nr. 15 (2003-2004) våren 2004, der tilsvarande prinsipielle merknader frå næringsorganisasjonane til ny erstatningsordning også vart uttalte.

Dyrevernstyresmaktene ved Mattilsynet sluttar seg i all hovudsak til forslaget til ny erstatningsmodell med det utgangspunktet at ei slik innretning vil bidra til betre dyrevelferd i dei besetningane som i dag har kroniske og store tap til rovvilt. Også miljøvernorganisasjonane er generelt positive til den foreslåtte ordninga. Reindriftsstyret har forventningar til at den foreslåtte erstatningsmodellen vil gjere erstatningsordninga meir føreseieleg for reindriftsutøvarane. Elles har ei rekkje høyringsinstansar meir konkrete merknader til dei enkelte paragrafane.

Departementets konklusjonar

Ei ny erstatningsordning inngår som eit sentralt element i den nye rovviltpolitikken, slik det òg går fram av St.meld. nr. 15 (2003-2004) og Innst. S. nr. 174 (2003-2004). Ein heilskapleg rovviltpolitikk skal med utgangspunkt i Stortingets føringar på den eine sida sikre aktiv og rask felling av rovvilt med utgangspunkt i dei nasjonale bestandsmåla for kvar region, og på den andre sida sikre ei aktiv næringsutøving også i område med store, årlege tap. Ein nødvendig føresetnad for å få til eit slikt heilskapsgrep er innføringa av ei ny erstatningsordning som gir økonomisk stimulans til gradvise driftstilpassingar i område der det med utgangspunkt i Stortingets bestandsmålsetjingar skal oppretthaldast faste bestandar av rovvilt.

Miljøverndepartementet kan ikkje sjå at det gjennom høyringa har komme fram nye prinsipielle moment som ikkje var oppe til vurdering under Stortingets behandling av rovviltmeldinga. Hovudinnretninga i den nye erstatningsordninga er i tråd med Stortingets klart uttalte intensjonar, og bør etter departementets syn liggje til grunn også for den endelege forskrifta. Når det gjeld merknader til enkeltføresegner vil departementet gjere dei nødvendige justeringane i forskriftsutkastet. Det er òg lagt til grunn at bestandsovervakingsprogrammet for rovvilt blir styrkt. Ei god bestandsovervaking, med høg kvalitet som sikrar lokal legitimitet, er avgjerande. Dette gjeld både av omsyn til dei nye nemndene som skal fatte vedtak om fellingskvotar, og ved berekninga av risiko for rovviltskade i tilknyting til den nye erstatningsordninga.

Departementet vil understreke at den foreslåtte ordninga framleis sikrar full erstatning for dokumentert skade. Ordninga sikrar òg høvet til erstatning basert på skjønn for udokumentert skade ut over den førehandsutbetalte risikoerstatninga. Vidare vil ordninga også innehalde høve til dispensasjon for å hindre at den enkelte dyreeigar skal komme utilsikta uheldig ut ved overgangen til den nye erstatningsordninga.

Departementet føreset elles at besetningar med store tap blir prioriterte av regionale styresmakter (rovviltnemnder og fylkesmenn) ved tildeling av midlar til førebyggjande tiltak. Det blir presisert at desse midlane kjem i tillegg til tildelte midlar til risikoerstatning og eventuell erstatning for dokumentert og udokumentert skade som driftseiningane har krav på. På denne måten vil driftseiningar med store, årlege tap grunna rovvilt få ein klar økonomisk stimulans til å gjennomføre nødvendige tilpassingar, mens staten framleis vil bidra til å dekkje kostnadene med iverksetjing av effektive førebyggjande tiltak.

Departementet vil gjennomføre ei nærare avgrensing av risikoområde, utrekning av risikopoeng og fastsetjing av satsar for dei ulike erstatningselementa i ny erstatningsordning vinteren 2005-2006. I dette arbeidet vil berørte styresmakter, organisasjonar og næringar bli trekte med. Miljøverndepartementet tek sikte på at ny erstatningsordning skal gjelde frå beitesesongen 2006 og frå reindriftsåret 2006/2007.

Det blir elles vist til samla framstilling av den økonomiske satsinga på rovvilt i innleiinga til kap. 1427 og omtale under kap. 1427 postane 71 Risikoerstatning i rovviltområder og post 72 Vederlag for rovviltskade (Del III).

8 Resultatområde 2: Friluftsliv

Definisjon og avgrensing

Arbeidet på dette resultatområdet skal sikre areal og rettar til ferdsel, opphald og aktivitetar, og stimulere til miljøvennleg friluftsliv. Areal for friluftsliv, grunnlaget for jakt og fiske og natur- og kulturopplevingar ved friluftsliv blir òg tekne vare på gjennom arbeidet på resultatområda 1, 3 og 9. Andre miljøkvalitetar som har innverknad på friluftslivet er ivaretekne gjennom resultatområda 1, 3, 4, 6 og 7. Friluftsliv i polare område er dekt av resultatområde 8.

Strategisk mål

Alle skal ha høve til å drive friluftsliv som helsefremjande, trivselsskapande og miljøvennleg aktivitet i nærmiljøet og i naturen elles.

Nasjonale resultatmål, miljøvernforvaltningas arbeidsmål og resultatindikatorar og statusbeskriving

Tabell 8.1 Mål- og indikatortabell for resultatområde 2 Friluftsliv

Nasjonale resultatmål

Miljøvernforvaltningas arbeidsmål

Miljøvernforvaltningas resultatindikatorar

1. Friluftsliv basert på allemannsretten skal haldast i hevd i alle lag av folket.

1.1. Stimulere til utøving av miljøvennleg friluftsliv i samarbeid med relevante partar, under dette frivillige organisasjonar.

Statistikk om folks deltaking i friluftsliv, under dette:

Dagsturar og overnattingsturar i naturomgivnader.

Bruk av nærområde i byar og tettstader.

Bærplukking, fritidsfiske og jakt.

2. Barn og unge skal få høve til å utvikle dugleik i friluftsliv.

2.1. Barn og unge skal meistre trygg og miljøvennleg ferdsel i utmark.

Kunnskap om allemannsretten, fjellreglane og sjøvettreglane innan fylte 18 år.

Prosentdelen av barn og unge under 18 år som har delteke i friluftsaktivitetar dei siste 12 månadene.

Talet på medlemmer i ungdomsorganisasjonar dominerte av aktivitetar retta mot natur- og friluftsliv som f.eks. speidarforeiningar og turistforeiningas ungdomsgrupper.

3. Område av verdi for friluftslivet skal sikrast slik at miljøvennleg ferdsel, opphald og hausting blir fremja og naturgrunnlaget teke vare på.

3.1. Viktige område for friluftsliv skal vere sikra for formålet ved kjøp, bandlegging og avtalt fleirbruk av naturområde.

Talet på nye område pr. år.

3.2. Alle statleg sikra friluftslivsområde (inkl. skjergardsparkar) og markaområde i alle større kommunar, skal innan år 2006 inngå i forvaltningsplanar.

Prosentdelen av friluftsområde med slikt forvaltningsopplegg (ikkje operativ før 2006).

3.3. Viltressursar og fiskeressursar i ferskvatn som kan utnyttast skal vere tilgjengelege for allmenta.

Prosentdelen av område som kan utnyttast (dvs. fiskeførande vatn og vassdrag og jaktterreng for småvilt) i eit utval kommunar med sal av kort for fiske og småviltjakt.

4. Ved bustader, skular og barnehagar skal det vere god tilgang til trygg ferdsel, leik og annan aktivitet i ein variert og samanhengande grønstruktur med godt samband til naturområde omkring.

4.1. I samarbeid med aktuelle partar leggje til rette for at minst 30 pst. av bustader, skular og barnehagar i eit utval byar og tettstader har trygt og tilgjengeleg rekreasjonsareal innan 500 meters avstand og i tilknyting til ein samanhengande grønstruktur.

Prosentdelen slike bygningar med rekreasjonsareal og tilknyting til grønstruktur innan 500 meter.

Statusbeskriving

Stortinget behandla våren 2002 St.meld. nr. 39 (2000-2001) Friluftsliv – Ein veg til høgare livskvalitet. Meldinga gir ei brei oversikt over verdiar, utbreiing, trendar, mål og tiltak i friluftslivet. Hovudarbeidet innan friluftsliv i 2006 vil vere å følgje opp dei tiltaka som ligg i meldinga. I 2005 vart Friluftslivets år arrangert, og det er viktig å følgje opp og vidareutvikle dei gode røynslene frå tiltak retta mot barn og unge i dette året. Regjeringa vil i 2006 halde oppe det aktivitetstilbodet på friluftsliv som Friluftslivets år bidrog til. Evalueringa av Friluftslivets år blir eit viktig grunnlag for dette.

Undersøkingar viser at ungdom sin deltaking i friluftsliv er betydeleg redusert dei seinaste tiåra. Dette gjer ungdom til ei svært viktig målgruppe for motivasjonsarbeidet. Det blir derfor viktig i 2006 å følgje opp den vellukka ungdomssatsinga frå Friluftslivets år. Ein vil òg følgje opp arbeidet i forhold til etniske minoritetar og funksjonshemma.

I 2006 vil prosjektet Motorferdsel og samfunn vere ein viktig premissleverandør for friluftslivet gjennom dei tiltaka som blir foreslått for å ivareta høve til stille og ro.

Verkemiddel må vidare setjast inn der vi ser at allemannsretten er under press. Det vil derfor vere ekstra fokus på utviklinga i strandsona framover.

Arbeidsmål 1.1. Stimulere til utøving av miljøvennleg friluftsliv i samarbeid med relevante partar, under dette frivillige organisasjonar.

Landsomfattande undersøkingar om friluftsliv er blitt gjennomførte ei rekkje gonger sidan 1970. Statistisk sentralbyrås levekårsundersøking i 2001 syner relativt stabil oppslutning om dei mest sentrale friluftslivsaktivitetane. Samla sett har den delen av befolkninga som utøvar friluftsliv auka med fire prosentpoeng dei siste 30 åra til 90 pst. i 2001, men denne tilsynelatande stabiliteten i aktivitetsmønsteret skjuler to sterke utviklingstrekk med motsett forteikn. Den positive utviklinga er at eldre over 55 år er mykje meir aktive no enn for 30 år sidan. I aldersgruppa 55–64 år har deltakinga i friluftsliv auka med heile 20 prosentpoeng til 91 pst. i 2001. Utviklinga blant ungdom (16–24 år) gir derimot grunn til bekymring. Her har oppslutninga falle frå 98 pst. til 86 pst. i 2001.

Arbeidsmål 2.1. Barn og unge skal meistre trygg og miljøvennleg ferdsel i utmark

Medviten satsing ved ei rekkje førskular og skular har ført til at fleire barn no tek del i friluftslivsaktivitetar. Bak denne satsinga står blant anna helse- og miljøstyresmaktene og friluftsorganisasjonane. Fleire av friluftslivsorganisasjonane har eigne barneorganisasjonar, til dømes Barnas Turlag, Fiskeklubben, KFUM-KFUK-speiderne og Norske 4H.

Undersøkingar viser at kunnskap og dugleik aukar med målretta stimulering, og at grunnlaget for gode friluftslivsvanar i vaksen alder blir lagt i barndommen. Neste levekårsundersøking vil for første gong gi tal for barn og unge si deltaking i friluftsliv.

Forum for friluftsliv i skulen er etablert og kan bidra til at friluftsliv i større grad blir nytta som pedagogisk og helsefremjande verkemiddel i skulen.

Oppslutninga om tradisjonelle friluftsaktivitetar blant ungdom har minka sidan 1970-tallet. Oppslutninga om skiturar, bær- og sopplukking og fiske har falle kraftig. Fotturane, som samla sett er den mest populære friluftsaktiviteten, er også noko redusert blant dei unge. Samstundes er andre aktivitetar i vekst. Oppslutninga om sykkelturar og bruken av alpinanlegg har til dømes auka. I tillegg har ei rekkje nye og spesialiserte aktivitetar som frikøyring på ski og snøbrett, terrengsykling, skisegling og elvepadling fått auka oppslutning. Denne auken i dei nye aktivitetane blant ungdom er likevel ikkje nok til å kompensere for fråfallet frå dei tradisjonelle friluftslivsaktivitetane. Samla sett har ungdommens deltaking i friluftsliv minka med 12 prosentpoeng frå 1970 til 2001. Departementet har starta eit samarbeid med Helse- og omsorgsdepartementet om felles innsats til fremje av friluftsliv og fysisk aktivitet blant barn og unge.

Arbeidsmål 3.1 Viktige område for friluftsliv skal vere sikra for formålet ved kjøp, bandlegging og avtalt fleirbruk av naturområde.

Pr. september 2005 var i alt 1939 område sikra til friluftslivsformål ved kjøp eller avtaler om bruk av eigedom. Fleire område er sikra ved omstillingar i staten, bl. a ved overtaking av forsvarseigedommar og fyrstasjonar. I perioden frå 2000 til september 2005 er det sikra til saman 169 område, i hovudsak langs kysten i Sør-Noreg.

Regjeringa prioriterer høgt arbeidet med å sikre nye friluftsområde. Særleg er det viktig at område i kystsona blir sikra. Det å gjere nye strandområde tilgjengelege er eit konkret tiltak som betrar tilhøva for friluftsliv for mange brukarar. Dette er òg eit positivt verkemiddel som er konfliktdempande. I Friluftslivets år har ein prioritert dette arbeidet høgt, og det vil ein også gjere i kommande år. I tillegg til å auke innsatsen for sikring, tilrettelegging og drift av særskilte friluftsområde, vil det òg bli lagt stor vekt på å opne ulike typar statseigedom for allmenta. Det blir særleg viktig å sikre for friluftslivet dei områda som Forsvaret og andre statlege grunneigarar ikkje lenger har bruk for.

I tilknyting til Stortingets behandling av Dok. Nr. 8:82 (2003-2004) Om salg av Østre Bolærne er Regjeringa gjennom oppmodingsvedtak nr. 539 (2003-2004) blant anna beden om å stå for ein gjennomgang av statlege eigedommar som skal avhendast. I 2005 har Direktoratet for naturforvaltning gjennomgått Skifte Eigedoms portefølje for å identifisere eigedommar som framleis bør vere i offentleg eige, med utgangspunkt i allmenne friluftslivsinteresser. Gjennom behandlinga av revidert nasjonalbudsjett for 2005 vart det stilt ekstra midlar til disposisjon for statleg kjøp av eit utval eigedommar. Direktoratet følgjer avhendingsprosessen tett og vil bidra til sikring av ytterlegare eigedommar. Etter nye rutinar for offentleg avklaring kan dette gjerast gjennom kjøp av heile eigedommar, gjennom kjøp av delar av eigedommar og gjennom klausuleringar formulert i kjøpekontrakten. Eit døme på klausulering kan vere at ein privat kjøpar forpliktar seg til å la kommunen leggje ein kyststi over eigedommen.

Direktoratet for naturforvaltning vurderer fortløpande friluftslivsinteressene knytte til fyreigedommar med tanke på å sikre dei for allmenne friluftsformål. Prosjektsamarbeidet mellom Friluftsrådas Landsforbund og Direktoratet for naturforvaltning, med sikte på å få fram gode sikringsprosjekt, vil halde fram. Som ei oppfølging av St.meld. nr. 23 (2001-2002) Bedre miljø i byer og tettstederer det innleia eit samarbeid med Stavanger, Bergen, Oslo og Trondheim kommunar for å sikre viktig grønstruktur. Det kan òg vere aktuelt å gå inn i eit slikt samarbeid med andre større byar og tettstader.

Arbeidsmål 3.2. Alle statleg sikra friluftslivsområde (inkl. skjergardsparkar) og markaområde i alle større kommunar skal innan år 2006 inngå i forvaltningsplanar.

For å skape tilgjenge for fleire brukargrupper, blant anna funksjonshemma har fylkesmennene, i samarbeid med friluftsråd og kommunar, utarbeidd enkle planar for forvaltninga av dei viktigaste statleg sikra friluftslivsområda i kvart fylke. I tillegg er det utarbeidd heilskaplege forvaltningsplanar som blant anna omtaler behovet for tilrettelegging og skjøtselsnivå for ein overvegande del av friluftslivsområda i Oslofjorden, skjergardsparkane på Sørlandet og Vestkystparken. Skjergardstenesta er etablert med uniformerte båtar og mannskap langs heile kysten frå Østfold til og med Hordaland. Denne tenesta er resultatet av eit samarbeid mellom fleire aktørar på kommunalt, fylkeskommunalt og statleg nivå. Statlege bidrag utgjer ein viktig del av grunnlaget for verksemda, knytt til både driftsmidlar og investeringsmidlar til båt.

Kysten byr på gode høve til naturopplevingar og friluftsliv. Kystlandskapet har særpreg og det er mange kulturhistoriske spor som er svært attraktive for friluftslivet. Kjenneteiknet på kystfriluftslivet er aktivitetar som bading, soling, båtliv og fritidsfiske, men her som i innlandet er det likevel fotturar som er den vanlegaste aktiviteten.

Kystleiprosjektet i regi av Den norske turistforeining (DNT), Friluftsrådas Landsforbund (FL) og Forbundet Kysten er eit tiltak for å stimulere til og leggje til rette for eit ikkjemotorisert friluftsliv langs kysten.

Det er utarbeidd ein «Marka-rettleiar» som eit tilbod til dei kommunane som forvaltar viktige bymarker.

Status for bygging i strandsona er gitt omtale under resultatområde 9 – resultatmål 2 om kommunal arealplanlegging.

Arbeidsmål 3.3. Viltressursar og ressursar av ferskvassfisk som kan utnyttast skal vere tilgjengelege for allmenta.

Organiseringa av jakt og fiske varierer mellom kommunar og fylke. Gjennom eit konstruktivt samarbeid med rettshavarane blir fleire og fleire område organiserte og opna for allmenta. Dette fører til at aktiviteten aukar på dette feltet.

Som eit tiltak for å auke tilgjenget til innlandsfisk vart fiskeavgifta for denne type fiske (unnateke fiske etter anadrom laksefisk) fjerna frå og med 2002.

Talet på jegerar aukar svakt for kvart år. Delen kvinner aukar mest og utgjer snart 6 pst. av jegerane. Talet på dei som har løyst jegeravgiftskort har stabilisert seg omkring 190 000 norske og 2 000 utanlandske jegerar. I jegerregisteret er det no registrert over 400 000 personar.

Arbeid med å betre tilgangen for allmenta til jakt og innlandsfiske vil i aukande grad skje ved at rettshavarane utarbeider driftsplanar for dei vilt- og fiskeressursane som kan haustast, jf. arbeidsmål 4.1 under resultatområde 1.

Arbeidsmål 4.1. I samarbeid med aktuelle partar leggje til rette for at minst 30 pst. av bustader, skular og barnehagar i eit utval byar og tettstader har trygt og tilgjengeleg rekreasjonsareal innan 500 meters avstand og i tilknyting til ein samanhengande grønstruktur.

Stortingsmeldinga om friluftsliv foreslår at kartlegging av grønstrukturen blir lagt til grunn i den kommunale planlegginga og forvaltninga, og blir ein premiss for vidare tettstadutvikling. Statistisk sentralbyrå har nyleg utvikla ein metode for å overvake arealstorleikar og tilgjenget til slike nære, grøne lunger. Resultat frå dette arbeidet underbyggjer at dette målet er naudsynt. Tilgangen til slike areal er god på landsbasis, men tilgangen til nærturterreng minkar ved aukande storleik på tettstaden.

Arbeidet med kartlegging og rettleiing blir ført vidare som ledd i oppfølginga av St.meld. nr. 39 (2000-2001) Friluftsliv – Ein veg til høgare livskvalitet og St.meld. nr. 23 (2001-2002) Bedre miljø i byer og tettsteder.

Verkemiddel

Resultatområdet er planlagt finansiert med totalt 97,1 mill. kroner. Finansieringa blir i hovudsak dekt av Direktoratet for naturforvaltnings budsjettramme jf. kap. 1427, og delar av kapitla 1425 og 1426. Vidare inneheld delar av Miljøverndepartementets budsjettkapittel 1400 og 1410 òg budsjettmidlar som medverkar til finansieringa av resultatområdet i år 2006. Fylkesmannen har òg oppgåver under resultatområde 2. Midlar til lønn og drift for desse oppgåvene er frå og med 2001 budsjetterte på kap. 1510 Fylkesmannsembeta, under Moderniseringsdepartementets budsjett.

Statlege midlar er med å sikre regionalt og nasjonalt viktige friluftslivsområde. Statlege midlar er òg viktige for å motivere kommunane til å realisere vedtekne planar for å bevare grønstruktur og leggje til rette for friluftsliv, jf. St.meld. nr. 23 (2001-2002) Bedre miljø i byer og tettsteder. Løyvingane til sikring av friluftslivområde vart auka både i statsbudsjettet for 2003 og for 2004. Også for 2006 blir det auka løyvingar til sikring av område og til andre tiltak for å fremje friluftslivet.

Plan- og bygningslova er det generelle verkemidlet som kommunane har for å utvikle gode område for friluftsliv for alle folkegrupper og interesser.

Staten medverkar dessutan, i samarbeid med kommunane, til finansiering av driftsordningar for skjergardsparkane. I kystsona frå Østfold til og med Hordaland er dette samordna gjennom Skjergardstenesta, der staten gjennom Statens naturoppsyn har det nasjonalt overordna ansvaret og gir økonomiske bidrag til driftsutgifter, båtinvesteringar mv. Statens naturoppsyn arbeider òg med å integrere naturoppsyn i den daglege drifta av skjergardstenesta.

Det blir vidare gitt driftsstøtte til Friluftslivets fellesorganisasjon (FRIFO), Den Norske Turistforening, Norges Jeger- og Fiskerforbund og Friluftsrådas Landsforbund. Dette gjeld blant anna til arbeidet i Forum for natur og friluftsliv som er organisert i alle fylke. Det blir dessutan gitt tilskot til stimuleringstiltak i regi av dei frivillige organisasjonane. Desse midlane vil vere knytte til aktivitetsretta prosjekt med formål å stimulere nye grupper, især barn og unge, til å utøve friluftsliv.

Det blir òg gitt tilskot til frivillige organisasjonar til tilrettelegging for fritidsfiske og jakt.

I tillegg til plan- og bygningslova er friluftslova, lakse- og innlandsfisklova og viltlova dei viktigaste juridiske verkemidla. Miljøverndepartementet har gitt ut eit rundskriv om friluftslova med oversikt over dei oppgåvene kommunane har når det gjeld å fremje allmenta sine friluftsinteresser.

Informasjon/kommunikasjon er eit viktig strategisk verkemiddel for å nå måla under resultatområde 2 Friluftsliv. Prinsippa for universell utforming er lagt til grunn for resultatområdet.

9 Resultatområde 3: Kulturminne og kulturmiljø

Definisjon og avgrensing

Resultatområdet omfattar forvaltning av kulturminne, kulturmiljø og det kulturhistoriske innhaldet i landskapet. I arbeidet inngår arkeologiske kulturminne på land og under vatn, kulturminne og kulturmiljø som er freda gjennom vedtak etter kulturminnelova, og verneverdige fartøy. Sikring og aktiv bruk av kulturhistoriske verdiar og kvalitetar i våre fysiske omgivnader skjer i stor grad gjennom privat innsats frå eigarar og frivillige, offentleg forvaltning, gjennom kommunalt planarbeid og arbeidet med by- og tettstadsutviklinga, sjå òg resultatområde 9. Resultatområdet dekkjer òg internasjonalt samarbeid og oppfølging av konvensjonar og andre internasjonale avtaler for å sikre kulturminne og kulturmiljø. Landskapsarbeidet er i hovudsak dekt av resultatområde 9. Verknader av luftforureining på kulturminne er dekt av resultatområde 7.

Strategisk mål

Mangfaldet av kulturminne og kulturmiljø skal forvaltast og takast vare på som bruksressursar, og som grunnlag for kunnskap, oppleving og verdiskaping. Eit representativt utval av kulturminne og kulturmiljø skal takast vare på i eit langsiktig perspektiv.

Nasjonale resultatmål, miljøvernforvaltningas arbeidsmål og resultatindikatorar og statusbeskriving

Tabell 9.1 Mål- og indikatortabell for resultatområde 3 Kulturminne og kulturmiljø

Nasjonale resultatmål

Miljøvernforvaltningas arbeidsmål

Miljøvernforvaltningas resultatindikatorar

1. Det årlege tapet av verneverdige kulturminne og kulturmiljø som følgje av fjerning, øydelegging eller forfall skal minimerast, og skal innan 2020 ikkje overstige 0,5 pst. årleg.

1.1. Kommunal sektor og andre samfunnsektorar tek auka ansvar for verneverdige kulturminne og kulturmiljø.

Prosentvis årleg tap av SEFRAK-registrerte bygningar.

Prosentvis årleg tap av registrerte arkeologiske kulturminne.

Del registrerte arkeologiske kulturminne utan nye skadar.

Gjennomførte tiltak som bidrar til god forvaltning av kulturhistoriske eigedommar i statleg eige.

Talet på kommunar med vedteken kommunedelplan for kulturminne og kulturmiljø.

Talet på reguleringsplanar for bevaring.

1.2. Verdiane og høva som kulturarven representerer i by- og tettstadsutvikling skal ha stor merksemd.

Gjennomførte kartleggingstiltak for avklaring av nasjonale kulturminneinteresser i byar.

Talet på kommunar som har drive metodisk stadsutvikling med utgangspunkt i kulturarven.

Del av utvalte bygningsgrupper med endra bruk.

1.3. Leggje til rette for aktiv bruk av kulturminne og kulturmiljø som grunnlag for verdiskapingsprogram, bl.a. i kystsona.

Effekten av verdiskapingsprosjekt i pilotområda.

Betre og meir dokumentert kunnskap om samanhengar mellom verdiskaping og kulturminne og kulturmiljø.

1.4. Leggje til rette for at kulturminnefondet skal vere ei viktig finansieringskjelde i forvaltning av kulturminne og kulturmiljø, og at grunnkapitalen i fondet blir auka.

Talet på prosjekt som har fått tilskot over kulturminnefondet og effekten av desse.

1.5. Styrkje omfang av og tilgang til forvaltningsretta kunnskap om kulturminne.

Gjennomførte tiltak for å styrkje kunnskap om forvaltning av kulturhistoriske eigedommar.

Gjennomførte tiltak med opplæring knytt til kulturminne og kulturmiljø.

Talet på kommunar med eigen kulturminnefagleg kompetanse.

Talet på kommunar og arealbrukande sektorar med tilgang til Askeladden.

Talet på kommunar som er à jour med registrerte arkeologiske kulturminne i Askeladden.

1.6. Auka bruk av kulturminne og kulturmiljø som kjelde til kunnskap og opplevingar.

Gjennomførte tiltak for å styrkje tilgjenget til kunnskap og opplevingar.

Gjennomførte tiltak for å betre allment tilgjenge til freda og verneverdige anlegg.

2. Freda og fredingsverdige kulturminne og kulturmiljø skal vere sikra og ha ordinært vedlikehaldsnivå i 2020.

2.1. Betre rammevilkår for freda kulturminne i privat eige.

Talet på gjennomgåtte fredingsvedtak frå før 1978.

Talet på fredingssaker som er sette i gang før januar 2005 og som er ferdig behandla.

Delen av freda og fredingsverdige kulturminne som har ordinært vedlikehaldsnivå.

Oppdatert behovsanalyse knytt til tilstanden til kulturminne og kulturmiljø.

2. 2. Betre rammevilkår for forvaltning av arkeologiske kulturminne.

Det er utarbeidd ein strategi og klare faglege kriterium for å sikre arkeologiske kulturminne i eit langsiktig perspektiv.

2.3. Kompensasjon for utgifter til arkeologiske arbeid som følgjer av mindre private tiltak skal aukast.

Gjennomførte tiltak for å sikre utvikling og oppfølging av retningslinjer knytte til kompensasjon for utgifter.

2.4. Følgje opp Noregs plikter i forhold til UNESCOs verdsarvkonvensjon gjennom forvaltinga av dei norske verdsarvområda og ved å medverke til betre representativitet på verdsbasis på lista.

Målt tilstand for kulturminne og kulturmiljø på dei norske verdsarvområda. Gjennomførte tiltak for å bidra til å fremje land som er underrepresenterte på verdsarvlista.

3. Den geografiske, sosiale, etniske og tidsmessige breidda i dei vedtaksfreda kulturminna og kulturmiljøa skal betrast, og eit representativt utval kulturminne skal vere freda innan 2020.

3.1. Utarbeide ein overordna fredingsstrategi for nye fredingar fram til 2020.

Auke i talet på fredingar innafor svakt representerte hovudgrupper, m.a. frå kystkulturen.

3.2. Samarbeide med andre sektorar for at dei skal ta større ansvar for kulturminne knytte til eiga verksemd.

Talet på ferdigstilte sektorvise verneplanar.

Talet på fredingar i samsvar med plan.

St.meld. nr. 16 (2004-2005) Leve med kulturminner trekkjer opp den nye kulturminnepolitikken og gir nye mål på området. Meldinga vart behandla i Stortinget i juni 2005 og fekk brei tilslutning. Med utgangspunkt i nye mål, prioriteringar i meldinga har Regjeringa og Stortingets behandling, foreslått ein del nye arbeidsmål og resultatindikatorar for 2006, jf. tabell 8.1. Statusbeskriving nedanfor er basert på måla for 2005, jf. St.prp. nr. 1 (2004-2005) og kan derfor ikkje relaterast til nye mål og indikatorar for 2006.

Statusbeskriving

Arbeidsmål 1.1. Styrkje omfang av og tilgang til forvaltningsretta kunnskap om kulturminna.

Kulturminnedatabasen Askeladden er sett i funksjon og blir vidareutvikla kontinuerleg. Askeladden er den offisielle databasen over alle typar freda kulturminne og kulturmiljø i Noreg. Databasen er eit viktig verktøy som gjer det enklare å finne fram til opplysningar om dei registrerte kulturminna. Askeladden er tilgjengeleg over Internett og er open for kulturminneforvaltninga, statlege sektorstyresmakter, forskingsinstitusjonar og kommunane. I mai 2005 var det over 1100 registrerte brukarar, fordelt på 205 frå regional forvaltning, 357 frå kommunar og 57 frå andre sektorar. Askeladden leverer data til Noreg Digitalt, noko som gjer det mogleg for eksterne brukarar å hente datasett frå kulturminnedatabasen direkte inn til sine lokale datasystem. I 2005 blir Askeladden utvida med ein modul for å registrere tilstanden for freda bygningar. Ein tilsvarande modul for freda ruiner er under utvikling.

Arbeidsmål 1.2. I samarbeid med aktuelle partar skal stadene si eigenart og deira kulturhistoriske innhald takast vare på, og estetiske kvalitetar i stadforminga innan kommunal planlegging og byutviklingspolitikk skal leggjast vekt på.

Arbeid med rettleiing og kunnskapsutvikling er i gang, med særleg vekt på å få fram kvalitetar og historiske verdiar i forminga av byar og tettstader. I den samanhengen blir det utvikla prinsipp for bruk, vern, omforming og nybygging i eksisterande kulturmiljø.

I tida 2002-2005 er det gjennomført pilotprosjekt for å etablere kompetansemiljø i lokalsamfunn og betre kunnskapane om bruk av plan- og bygningslova i kulturminnearbeidet. Dette skjer i samråd mellom kulturmiljøforvaltning, kommunar og andre aktørar. Resultata vil bli formidla i 2005 og 2006. Riksantikvaren og andre statlege etatar har sidan 2001 samarbeidd om å lage kurs i stadsutvikling for kommunar. I 2005 blir det halde tre kurs for til saman sju fylke. Riksantikvaren deltek i oppfølging av prosjekt angåande bymiljø. Riksantikvaren deltek i det treårige prosjektet Sustainable Historic Towns Urban Heritage as an Asset of Development, som er eit samarbeid mellom nordiske og baltiske land. Prosjektet tek sikte på å utvikle betre verktøy til forvaltning av historiske bymiljø.

I følgje KOSTRA hadde 121 kommunar vedteke plan med spesiell vekt på kulturminne og kulturmiljø i 2004. 134 kommunar hadde knytt til seg kulturminnefagleg kompetanse.

Arbeidsmål 1.3. Oppgåver innan kulturminneområdet skal leggjast til utvalde byar.

Prosjektet med lokal kulturminneforvaltning (differensiert oppgåvefordeling) i byane Bergen, Stavanger og Kristiansand som var sett i gang i 2004, er ført vidare. Byane skal ved utgangen av kvart av dei fire åra rapportere korleis forsøka blir gjennomførte og følgde opp.

Riksantikvaren bidrar til at byane har eit godt fagleg grunnlag for å arbeide med dei nye oppgåvene. Rapportering for 2004 viser at delegeringa av oppgåver ikkje førte til at kommunane tilførte auka ressursar til feltet innafor eigne rammer.

Arbeidsmål 1.4. I samarbeid med aktuelle partar leggje til rette for auka medvit i kommunane om verdien av og høvet til vidare bruk og ombruk.

Meir enn 70 pst. av realkapitalen i landet er investert i bygningar og anlegg. På årsbasis er ca. 40 pst. av aktiviteten innafor bygg- og anleggsverksemda knytt til eksisterande bygningsmasse.

I løpet av hausten 2005 vil det bli lansert ei nettbasert eksempelsamling som viser korleis bygningar kan takast vare på og brukast på nye måtar. Eksempelsamlinga skal gi eigarar, arkitektar, eigedomsforvaltarar og andre inspirasjon til å sjå på høva i eksisterande bygningsmasse.

Riksantikvaren og Statens bygningstekniske etat (BE) samarbeider om å lage ein temarettleiar for byggjetiltak i eksisterande bygningar.

Arbeidsmål 1.5. I samarbeid med andre sektorar utvikle verkemiddel (eksisterande og nye) for vern av kulturminne og kulturmiljø.

Sektorane har stor verknad på kulturminne, kulturmiljø og landskap gjennom næringsverksemd, byggje- og anleggstiltak og eigedomsforvaltning. Det er kontakt mellom Riksantikvaren og sektorar som driv verksemd som kan ha særleg effekt på kulturminna. Siktemålet er å få dei til å ta auka sektoransvar og påverke utforminga av eksisterande og nye verkemiddel.

Riksantikvarens samarbeid med Statens landbruksforvaltning og landbrukssektoren om blant anna Landbruk pluss, SMIL-ordninga og oppstart av ordninga med miljøprogram er gode døme på denne innsatsen.

Det er etablert eit samarbeid mellom KKD, FKD og MD og ABM-Utvikling, Fiskeridirektoratet, Kystdirektoratet og Riksantikvaren med sikte på ein felles innsats for vern og bruk av kystkulturen. Det er utarbeidd ein statusrapport som skal vere grunnlag for Regjeringas vidare satsing på kystkultur. Arbeidet med ei eiga forskrift for verneverdige skip er utsett inntil vidare på grunn av flyttinga av Sjøfartsdirektoratet.

Det er teke initiativ overfor sentrale departement, Innovasjon Noreg, næringsliv og aktørar med ansvar for regional utvikling. Formålet er å utvikle arenaer og verkemiddel for verdiskaping med grunnlag i kulturarven. Det blir lagt vekt på verdiskapingsperspektivet i dialogen med kommunane, med sikte på å mobilisere aktørfellesskap mellom lokale og regionale styresmakter, sektorstyresmakter, næringsliv og frivillige.

Det er sett i gang eit samarbeidsprosjekt med Nordland fylkeskommune om verdiskaping med grunnlag i kystkulturen i Nordland, der Lofoten-regionen og verdsarvområde Vega er framheva. Prosjektet vil vare fram til 2008.

Arbeidsmål 2.1. I samarbeid med bl.a. lokale styresmakter og eigarar leggje til rette for å betre tilstanden for verneverdige kulturminne og kulturmiljø.

Riksantikvaren distribuerer jamleg informasjonsblad med praktiske og faglege råd til eigarar av freda og verneverdige kulturminne. To gonger i året blir det utgitt eit eige informasjonsblad for kommunesektoren. Norsk standard av Tilstandsanalyse fredete og verneverdige bygninger vart utgitt i mai 2004. I tilknyting til dette er ein eigen tilstandsmodul i Askeladden under utvikling. Parallelt vil det bli utarbeidd priskatalogar for vedlikehald og utbetring, og meir generelle erfaringsprisar for oppgradering av bygningar til eit ordinært vedlikehaldsnivå.

Sida 2002 har Riksantikvaren, i samarbeid med blant anna Stiftelsen Bryggen, hatt eiga overvaking av kulturlaga under Bryggen i Bergen. Det er konstatert store setningar i grunnen, og det viser seg også at influensområdet for skadar strekkjer seg mykje lengre inn på verdsarvområdet enn ein trudde tidlegare. Skadeomfanget og utviklinga understrekar kor viktig det er å undersøkje årsaksforholda nærare, slik at det kan setjast i verk avbøtande tiltak så snart som mogleg. I 2005 er det òg sett i gang arbeid med å utvikle ein norsk standard for registrering av tilstanden i kulturlag.

På grunnlag av rapporten Vern og forvaltning av samiske byggverk blir det arbeidd vidare for å styrkje forvaltninga av automatisk freda samiske bygningar. Blant anna blir det lagt vekt på opplæring av handverkarar i tilknyting til konkrete istandsetjingsprosjekt.

Stavkyrkjeprogrammet blir vidareført, og i fem stavkyrkjer er arbeida ferdige. Det har vore restaureringsarbeid ved ytterlegare fire kyrkjer i 2005. I stavkyrkjeprogrammet inngår òg konservering av kyrkjekunst, handverkarkurs, dokumentasjon, forsking og formidling.

Stavkyrkjene har automatiske alarm- og sløkkingsanlegg. Brannsikring av utvalte, freda bygningar, Bergstaden Røros og annan verdifull trehusbusetnad er vidareført.

Det er sett i gang konserverings- og skjøtseltiltak på 17 ruinanlegg. Det er gjort førebuingar til eit tiårig prosjekt for å sikre bevaring, tilrettelegging, skjøtsel og pleie av områda rundt viktige ruinar frå middelalderen. Dei 12-15 største anlegga vil bli prioriterte, saman med ruinar som engasjerer lokalmiljøet sterkt.

Om lag 300 bergkunstlokalitetar er dokumenterte i løpet av den siste tiårsperioden gjennom Bergkunstprosjektet. I tillegg har det vore forska på nedbrytingsårsaker og metodeutvikling for å bremse og avgrense skadeutvikling på denne typen kulturminne. I det vidare arbeidet med å sikre bergkunsten skal det leggjast større vekt på skjøtsel og tilrettelegging, men det skal framleis drivast dokumentasjon og metodeutvikling for konservering, skjøtsel og formidling.

Ein eigen rettleiar for forvaltning av automatisk freda kulturminne vart ferdigstilt våren 2005. I 2004 behandla Riksantikvaren 490 dispensasjonssaker for arkeologi. Det vart gitt avslag i ti av desse sakene.

Arbeidsmål 2.2. Følgje opp Noregs plikter i forhold til UNESCOs verdsarvkonvensjon – gjennom forvaltninga av dei norske verdsarvområda og ved å medverke til betre representativitet i områda på verdsarvlista.

Dei seks norske verdsarvområda er: Urnes stavkyrkje, Bryggen i Bergen, Røros Bergstad, bergkunsten i Alta, Vegaøyane og Vestnorsk fjordlandskap (Geirangerfjorden og Nærøyfjorden) som vart tekne opp på verdsarvlista i juli 2005. I tillegg vart meridianstøtta i Hammerfest og tre andre punkt i Struves triangelkjede tekne opp på verdsarvlista i 2005 som det første teknisk-vitskapelige kulturminnet.

UNESCOs retningslinjer fastset at det skal rapporterast om verdsarvområda sin tilstand og utviklinga deira kvart sjette år. Alle områda med unntak av Vega er blitt evaluerte. Det blir arbeidd med å følgje opp evalueringane. I 2005 blir det gjennomført ei periodisk rapportering på tilstanden til stadene som var innskrivne før 1998.

Det går føre seg store langsiktige istandsetjingsprogram på Røros og ved Bryggen i Bergen. Begge prosjekta har òg stor betydning for kompetanseutvikling blant handverkarar.

Det er utarbeidd ein forvaltningsplan for helleristningsfeltet i Alta, og ein eigen skjøtselplan er under arbeid.

Det er sett i gang eit FoU-prosjekt som omfattar historiske og arkeologiske undersøkingar i nærområdet rundt Urnes stavkyrkje. Riksantikvaren deltek òg i eit prosjekt som tek sikte på å bidra til næringsutvikling på denne sida av Lusterfjorden.

I 2003 vart Noreg valt inn som medlem av UNESCOs verdsarvkomité, og deltok på første medlemsmøte i 2004.

Arbeidsmål 3.1. I samarbeid med aktuelle partar arbeide for at andre sektorar tek større ansvar for kulturminne knytte til eiga verksemd.

Sektorstyresmaktene har ansvaret for å setje i stand og halde ved like kulturminne i statleg eige. Staten skal vere eit godt føredøme som eigar og forvaltar av kulturhistorisk verdifull eigedom. Moderniseringsdepartementet har i samarbeid med aktuelle departement sett i gang eit prosjekt for å registrere statlege kulturhistoriske eigedommar (SKE-prosjektet). Dette vil danne grunnlaget for utarbeiding av fleire sektorvise landsverneplanar.

Arbeidsmål 3.2. Gjennomføre fredingar i samsvar med sektorvise verneplanar.

Totalt er det utarbeidd fem verneplanar for statlege sektorar, og to er under arbeid. For tre av planane er det gjennomført fredingar.

I samarbeid med Statens vegvesen er det utarbeidd forslag om forskriftsfreding av 19 bygningar i medhald av den nasjonale verneplanen. Forslaget er planlagt vedteke i 2005. Vidare går det føre seg arbeid med forslag om freding av vegar og bruer som inngår i landsverneplanen. Det vil bli utarbeidd forvaltningsplanar knytte til kvart anlegg.

Prosjektet Kulturminne i norsk kraftproduksjon blir følgt opp, saman med arbeid med verneplan for Jernbaneverkets anlegg.

Det var elles sluttført og tinglyst 32 fredingar i 2004.

Verkemiddel

25. februar 2005 la Regjeringa fram St.meld. nr. 16 (2004-2005) Leve med kulturminner. Hovudtrekka i meldinga fekk brei tilslutning under Stortingets behandling.

Regjeringa fastslår at private eigarar av kulturminne skal få betre rammevilkår, at staten skal ta ein større del av utgiftene ved arkeologiske utgravingar, og at det offentlege si rolle som pådrivar i forvaltninga av kulturminneverdiane skal styrkjast.

Regjeringa vil at kulturarven i større grad skal takast i bruk og danne grunnlag for verdiskaping, og foreslår å opprette eit verdiskapingsprogram.

Resultatområdet er planlagt finansiert med totalt 678,3 mill. kroner i 2006-budsjettet. Finansieringa er i hovudsak dekt av Riksantikvarens budsjettramme, jf. kap. 1429 og budsjettramma som omfattar avkastninga frå kulturminnefondet, jf. kap. 1432. Kapitla 1400,1410, 1426 og 1427 inneheld òg budsjettmidlar som medverkar til finansieringa av resultatområdet i 2006.

Regjeringa har som mål å styrkje budsjett på feltet med gjennomsnittleg 175 mill. kroner pr. år ut over nivået for 2005. Det optimale vil vere ei opptrapping over fire år.

Kulturminnelova er det viktigaste verkemiddelet i lovverket for å nå måla i den nasjonale politikken. Miljøverndepartementet vil gi utfyllande føresegner om gjennomføring av lova for å nå målsetjingane i St.meld. nr. 16 (2004-2005) Leve med kulturminner.

Regjeringa vil i tillegg gjennom oppfølging av Planlovutvalet arbeide for å skaffe lokale og regionale styresmakter betre verkemiddel for å ivareta kulturminneverdiane på ein føremålstenleg måte.

Dei økonomiske verkemidla på kulturminnefeltet skal i første rekkje nyttast til dei nasjonalt viktige kulturminna: freda hus og anlegg, stavkyrkjer, ruinar, tekniske og industrielle kulturminne, fartøy og verdsarv, samtidig som skjøtsel av arkeologiske kulturminne og brannsikring skal prioriterast. Regjeringa legg vekt på at tilskotsmidla skal gå til konkrete tiltak på kulturminna. Det er kulturminne med private eigarar som skal prioriterast med tilskotsmidlar.

Kulturminne og kulturmiljø gir høve til auka verdiskaping. Gode døme på dette er stavkyrkjene og verdsarvstadene som genererer store reiselivsinntekter i fleire kommunar. Dei mange fyra i landet som har fått ein ny funksjon som ferie- og reisemål, er døme på det same. Kulturminne er såleis viktige ressursar for lokalsamfunna og regionane og har mykje å seie for næringsutvikling på staden. Stader med godt bevarte kulturminne, ei særeigen historie og identitet kan ha konkurransefortrinn med omsyn til reiseliv og anna næringsverksemd. Dette kan bidra til å oppretthalde busetnad og arbeidsplassar lokalt og regionalt.

Gjennom etablering av verdiskapingsprogram med grunnlag i kulturminne og kulturmiljø ønskjer Regjeringa at mangfaldet av kulturminne i bygder, tettstader og byar skal brukast som grunnlag for levande lokalsamfunn i heile landet. Kystens kulturminne, kulturmiljø og landskap vil bli prioriterte i den første fasen av verdiskapings­programmet.

Forutan Riksantikvarens eigne økonomiske tilskotsmidlar til eigarane av verneverdige kulturminne og kulturmiljø, har kulturminnefondet òg ei viktig rolle gjennom sin aktivitet og sine økonomiske verkemiddel i høve til eigarar av verneverdige kulturminne. Resultata frå tilskotsfordelinga viser at fondet løyser ut stor eigeninnsats frå eigarane.

Kulturminnefondet er ein viktig reiskap for å sikre utvikling og verdiskaping basert på kulturminneressursane. Fondet skal ha ei rolle som pådrivar for å stimulere og utløyse prosjekt med potensial for verdiskaping. Styret for kulturminnefondet gjer vedtak om tildeling av midlar innafor ramma av gjeldande vedtekter og føresegner. Grunnideen for fondet er å få til eit maksimalt samspel mellom offentlege og private midlar. Føresetnaden er at fondsmidlane skal løyse ut midlar frå privatpersonar, næringsliv og andre. Tilskotstildelinga viser at tilskota frå fondet løyser ut betydeleg meirinnsats og midlar frå dei private aktørane.

Det er eit mål at kulturminnefondet skal vere ei viktig offentleg finansieringskjelde av arbeidet med å ta vare på verneverdige kulturminne og kulturmiljø i privat eige.

Lokal deltaking er eit viktig strategisk verkemiddel for å nå resultatmåla i resultatområde 3. Forvaltninga av det store mangfaldet av kulturminne og kulturmiljø skjer i stor grad innafor rammene av plan- og bygningslova. Det er derfor viktig å få fram opplysningar tidleg i planarbeidet for å unngå dyre og tidkrevjande prosessar, jf. resultatområde 9 Regional planlegging.

Kunnskap om kulturminne og kulturmiljø er grunnleggjande for ei god forvaltning og for å skape forståing for vernearbeidet. Viktige verkemiddel i denne samanhengen er blant anna praktisk opplæring og vidareutdanning av handverkarar, undervisningstilbod i kulturminneforvaltning, rettleiing for kommunane og regelmessig informasjon til eigarar og allmenta. Prinsippa for universell utforming skal vurderast i forhold relevante tilskot og i utviklingsarbeidet på resultatområdet. Internasjonalt samarbeid om bevaring av kulturminne og kulturmiljø skjer gjennom nordiske fora, i norskrussisk samarbeid, innan Europarådet, gjennom EØS-samarbeidet og innafor UNESCO, bl.a. gjennom Den nordiske verdsarvstiftinga (Nordic World Heritage Foundation) i Oslo. Stiftinga skal støtte gjennomføringa av UNESCOs verdsarvkonvensjon (World Heritage Convention) av 1972, og vere med å utvikle modellar for berekraftig forvaltning av kulturminne, jf. arbeidsmål 2.4. Riksantikvaren er fagsenter for kulturminneforvaltning i bistandsarbeidet og skal i samarbeid med NORAD syte for at kulturminneinteressene blir tekne vare på i norske bistandsprosjekt. Ein viser elles til omtale under resultatområde 8.

10 Resultatområde 4: Overgjødsling og oljeforureining

Definisjon og avgrensing

Resultatområdet omfattar arbeidet med å førebyggje og redusere utsleppa av partiklar, næringssalt (nitrogen og fosfor) og olje til vassførekomstane. Kravstilling til privat og kommunal beredskap mot akutt forureining frå olje og kjemikaliar er òg dekt av dette resultatområdet. Utsleppa av næringssalt og partiklar kjem i hovudsak frå kommunale avløp, landbruk, fiskeoppdrett og industri, og kan føre til skadar på økosystemet i form av nedslamming og overgjødsling. Overgjødslinga kan resultere i oppblomstring av bl.a. blågrønalgar som under visse høve kan medføre at vatnet ikkje kan drikkast eller badast i. Utsleppa av olje kjem frå landbasert verksemd, skipsfart og petroleumsverksemd, og kan skade organismar og økosystem i havet, på sjøbotnen, i strandsona og i jordsmonnet. Resultatområdet omfattar internasjonalt havmiljøarbeid, slik som oppfølging av bl.a. Nordsjø-deklarasjonane, OSPAR-konvensjonen, London-konvensjonen og konvensjonar innan den internasjonale skipsfartsorganisasjonen (IMO), så vel som relevante EU-direktiv.

Strategisk mål

Det skal sikrast ein vasskvalitet i ferskvatn og marine område som medverkar til å halde oppe arter og økosystem, og som tek omsyn til helse og trivsel for menneska.

Nasjonale resultatmål, miljøvernforvaltningas arbeidsmål og resultatindikatorar og statusbeskriving

Nedanfor følgjer ei oversikt over dei nasjonale resultatmåla og miljøvernforvaltningas eigne sektorvise arbeidsmål og miljøvernforvaltningas resultatindikatorar innafor resultatområde 4 Overgjødsling og oljeforureining.

Tabell 10.1 Mål- og indikatortabell for resultatområde 4 Overgjødsling og oljeforureining

Nasjonale resultatmål

Miljøvernforvaltningas arbeidsmål

Resultatindikatorar

1. Utsleppa av næringssalta fosfor og nitrogen til eutrofipåverka delar av Nordsjøen skal vere reduserte med om lag 50 pst. innan 2005 rekna frå 1985.

1.1 Utslepp frå kommunal avløpssektor skal vere i samsvar med forslag til nytt avløpsregelverk i forureiningsforskrifta.

Talet på anlegg med gjennomført primær, sekundær og tertiær reinsing blir vurdert mot talet på anlegg som skal ha dei ulike reinsetypane.

2. Operasjonelle utslepp av olje skal ikkje medføre uakseptabel helse- eller miljøskade. Risikoen for miljøskade og andre ulemper som følgje av akutt forureining skal liggje på eit akseptabelt nivå.

2.1. Operasjonelle utslepp av olje og miljøfarlege stoff til sjø frå petroleumsverksemda skal stansast eller minimerast innan 2005 (nullutslepp).

Mengd utslepp av olje i vatn frå petroleumsverksemda.

Talet på og mengd akutte utslepp av olje frå petroleumsverksemd, skip og landbaserte utslepp.

2.2. Innan 2006 skal det etablerast ordningar som sikrar at utsleppskrav til skipsfarten blir overhaldne i samarbeid med relevante sektorstyresmakter.

Talet på mottaksordningar for avfall frå skip.

Talet på og mengd oppdaga ulovlege utslepp av olje frå skip.

2.3. Verksemd som kan medføre akutt forureining skal til ei kvar tid ha eit akseptabelt beredskapsnivå sett i forhold til risikoen for akutt forureining.

Talet på godkjende private og kommunale beredskapsplanar.

Det nasjonale resultatmålet for overgjødsling byggjer på Nordsjømålet som er 50 pst. reduksjon av utsleppa av næringssalta fosfor og nitrogen til dei eutrofipåverka delane av Nordsjøen. I perioden 1985 til 2003 vart den menneskeskapte fosfor- og nitrogentilførselen til nordsjøområdet redusert med respektive 62 pst. og 42 pst. Målet om 50 pst. reduksjon av utsleppa av næringssalta nitrogen og fosfor til eutrofipåverka delar av Nordsjøen er dermed nådd for fosfor, mens det framleis står att tiltak for å nå målet for nitrogen. Tidsramma for å nå målet går ut i 2005. Utfordringane ved oppfyllinga av EUs avløpsdirektiv og nitratdirektiv har etter kvart fått større fokus enn Nordsjømålet. OSPAR vedtok i 1998 eit mål om at eutrofieringsproblema i det marine miljøet skal vere løyste innan 2010. Samtidig skal det i medhald av EUs nye rammedirektiv for vatn oppnåast god vasskvalitet i vassdrag, grunnvatn og kystvatn innan 2015. På Nordsjøkonferansen i Bergen i mars 2002 la ministrane hovudvekt på forpliktinga til fullt ut å gjennomføre krava i avløps- og nitratdirektiva og å oppfylle OSPAR-målet, samtidig som dei òg stadfeste forpliktinga til å oppfylle 50-prosent-målet for utslepp av nitrogen.

Det nasjonale resultatmålet for overgjødsling vil bli revidert. Dagens nasjonale resultatmål dekkjer berre Nordsjøområdet og er tidsavgrensa til 2005. Ved utarbeidinga av eit nytt resultatmål vil det i større grad bli lagt vekt på at det nasjonale resultatmålet skal sikre vasskvaliteten i alle ferskvassførekomstar og alle marine område i Noreg.

Statusbeskriving

Arbeidsmål 1.1. Utslepp frå kommunal avløpssektor skal vere i samsvar med krava i i forureiningsforskrifta del IV.

Forslag til nytt avløpsregelverk har vore på høyring i to omgangar. Det første forskriftsforslaget var bl.a. basert på EUs avløpsdirektiv. Avløpsregelverket vart ytterlegare vidareutvikla, og eit meir heilskapeleg og standardisert regelverk var ute på høyring våren 2005. Avløpsreglane vil inngå som ein del av forskrift om avgrensing av forureining (forureiningsforskrifta) og siktemålet er at endringane skal fastsetjast i løpet av 2005. Kommunane er tidlegare blitt oppmoda om å setje i gang førebuingar til å gjennomføre tiltak i tråd med direktivet så raskt som mogleg, slik at dei er budde på krava som vil bli stilte i den nye forskrifta.

Arbeidsmål 2.1. Operasjonelle utslepp av olje og miljøfarlege stoff til sjø frå petroleumsverksemda skal stansast eller minimerast innan 2005 (nullutslepp).

Den viktigaste kjelda til utslepp av olje frå petroleumsverksemda er produsert vatn. Det vart registrert utslepp på til saman 2 293 tonn olje saman med det produserte vatnet frå operasjonelle utslepp frå petroleumsverksemda i 2004. Dette er ein nedgang samanlikna med utsleppa i 2003. Dei akutte utsleppa frå petroleumsverksemda vart òg reduserte, frå 638 tonn olje i 2003, til 65 tonn olje i 2004. Dei totale operasjonelle utsleppa av offshorekjemikaliar var i 2004 på 102 000 tonn, som er ein reduksjon samanlikna med utsleppa i 2003. Delen av miljøfarlege kjemikaliar som blir nytta og sleppte ut er òg betydeleg redusert dei siste åra. Det vart registrert utslepp av ca. 85 tonn miljøfarlege stoff, hovudsakleg naturleg førekommande miljøfarlege stoff i produsert vatn i 2004.

Arbeidsmål 2.2. Innan 2006 skal det etablerast ordningar som sikrar at utsleppskrav til skipsfarten blir overhaldne i samarbeid med relevante sektorstyresmakter.

Det er dei ulovlege utsleppa frå skipsfarten som utgjer hovudutfordringane. I 1998 vart Nordsjøen oppretta som spesielt område under MARPOL 73/ 78-konvensjonen sitt vedlegg om oljeforureining frå skip. Dette inneber strengare utsleppskrav enn dei generelle reglane for utslepp av olje frå skip. Gjennom Kystverket sitt system for overvaking vart det identifisert ca. 85 ulovlege utslepp frå skip i 2004, mot 74 i 2003. I mengd er utsleppa rekna til å vere i underkant av 363 m (309 tonn) olje i 2004, mot 165 m (140 tonn) i 2003. Auken skuldast i stor grad utslepp i samband med forliset av lasteskipet Rocknes i Vatlestraumen utanfor Bergen i januar 2004. Ein reknar elles med betydelege mørketal for ulovlege utslepp frå skip. Eit samarbeid mellom Nordsjølanda har som mål å oppnå ei meir effektiv straffeforfølging av slike ulovlege utslepp frå skip.

Forskrift om levering og mottak av avfall og lasterestar frå skip, som gjennomfører EUs direktiv i norsk rett, pålegg alle hamner å ha tilstrekkeleg mottakskapasitet for avfall frå skip. Alle hamner var pålagt å utarbeide ein handlingsplan for mottaksordningar og avfallshandtering innan 1. juli 2004. Den første statusrapporteringa var samla sett mangelfull, og mange hamner er forseinka i arbeidet med utarbeidinga av planane. Rapporteringa viser likevel at dei hamnene som har utarbeidd avfallsplanar i hovudsak er dei store trafikkhamnene som står for ein stor del av den samla tonnasjen. Det vil bli arbeidd vidare med sikte på ei meir fullstendig rapportering i 2006.

Arbeidsmål 2.3. Verksemd som kan medføre akutt forureining skal til ei kvar tid ha eit akseptabelt beredskapsnivå sett i forhold til risikoen for akutt forureining.

Alle operatørselskapa på norsk sokkel må etablere ein akseptabel beredskap mot akutt forureining basert på miljø- og risikoanalyse, før leite- og produksjonsverksemd startar. På landsida har ca. 70 bedrifter godkjende beredskapsplanar. Alle høgrisikobedrifter er dekte. Kommunane dekkjer sitt beredskapsansvar gjennom interkommunalt samarbeid, og landet er inndelt i 34 interkommunale samarbeidsregionar som alle har godkjende beredskapsplanar. Dei registerte 126 akutte utsleppa av olje og andre kjemikaliar frå landbasert industriverksemd i 2004 utgjorde 958 m (814 tonn).

Verkemiddel

Resultatområdet er planlagt finansiert med totalt 34,3 mill. kroner over Miljøverndepartementets budsjett for 2006. Finansieringa er i hovudsak dekt over Statens forureiningstilsyns budsjettramme, jf. kap. 1441, men òg kap. 1400, 1410, og 1445 inneheld budsjettmidlar som skal medverke til finansiering av resultatområdet i 2006. Fylkesmannen har òg ansvar for store oppgåver under resultatområde 4. Ein viser til nærare omtale av desse under resultatområde 11. Midlar til lønn og drift for desse oppgåvene er budsjetterte på kap. 1510 Fylkesmannsembeta, under Moderniseringsdepartementets budsjett.

Gjennom lov om kommunale vass- og kloakkavgifter, med tilhøyrande forskrift, er kommunen gitt høve til å dekkje kostnadene sine på avløpssektoren gjennom gebyr. Miljøverndepartementet fører eit overordna tilsyn med korleis denne ordninga fungerer og vurderer behov for eventuelle endringar.

I samsvar med St.meld. nr. 12 (2001-2002) Rent og rikt hav utarbeider Miljøverndepartementet i samarbeid med andre aktuelle departement ein heilskapleg forvaltningsplan for Barentshavet og havområda utanfor Lofoten. Formålet med forvaltningsplanen er å etablere rammevilkår som gjer det mogleg å balansere næringsinteressene knytte til fiskeri, sjøtransport og petroleumsverksemd innafor ramma av ei berekraftig utvikling. Forvaltningsplanen vil etablere miljøkvalitetsmål og rammer for påverknad i dei enkelte delane av havområdet, og på den måten gi føringar for kva slag krav som må stillast til verksemd i dei ulike delane av havområdet. Planen skal blant anna baserast på utgreiingar av konsekvensar av petroleumsverksemd, fiskeri og sjøtransport som er gjennomførte av Olje- og energidepartementet og Fiskeri- og kystdepartementet. I tillegg har Miljøverndepartementet hatt ansvaret for utgreiing av konsekvensar for Barentshavet av ytre påverknader, slike som klimaendringar og langtransporterte forureiningar med meir. Desse sektorutgreiingane vart samanstilte av ei faggruppe beståande av ei rekkje aktuelle fagstyresmakter i perioden 2004-2005.

I prosessen har det vore omfattande høyringar av aktuelle interesseorganisasjonar, og Miljøverndepartementet gjennomførte ein stor Barentshav-konferanse i mai 2005. Det er teke sikte på å leggje fram forvaltningsplanen for Stortinget i vårsesjonen 2006. Dei nærare økonomiske og administrative konsekvensane vil bli presenterte i planen. Planen er den første i sitt slag og vil danne utgangspunkt for tilsvarande planar for Norskehavet og Nordsjøen.

I ferskvatn og dei kystnære områda legg St.meld. nr. 12 (2001-2002) Rent og rikt hav opp til ei meir heilskapleg og økosystembasert forvaltning etter EUs rammedirektiv for vatn. Direktivet set som mål at ein skal oppnå såkalla «god tilstand» både når det gjeld biologisk mangfald og forureining i vassførekomstane, i utgangspunktet innan 2015. Utkast til forskrift som skal gjennomføre direktivet i norsk rett, med forslag til inndeling av landet i vassregionar basert på nedbørsfelt og kva for fylkesmannsembete som skal vere ansvarleg styresmakt (vassregionstyresmakt) i kvar region, vert etter planen sendt på vanleg brei høyring hausten 2005. Gjennomføringa av direktivet i regionane skal skje i nært samarbeid med eit vassregionutval oppretta og leia av vassregionstyresmakta med deltaking frå andre aktuelle fylkesmannsembete, sektorstyresmakter, fylkeskommunar og kommunar.

Det innleiande kartleggingsarbeidet etter direktivet vart ferdigstilt i 2005. Basert på resultata av dette arbeidet tek aktuelle styresmakter i 2006 sikte på å ta fatt på den meir fullstendige kartlegginga av tilstanden i vassførekomstane som direktivet krev. Dei skal òg starte arbeidet med miljømål, nødvendige overvakingsprogram, tiltaksprogram og forvaltningsplanar i utvalte vassområde. Dette arbeidet vil krevje aktiv lokal deltaking, og kommunar, representantar for interkommunalt samarbeid, lokale lag og foreiningar o.a. vil vere viktige aktørar. I denne samanhengen vil det i mange tilfelle vere naturleg å opprette lokale vassområdeutval som eit supplement til organiseringa på regionalt nivå. Vassområdeutvalet Morsa, som arbeider for å betre vasskvaliteten i Vansjø i Østfold, er eit døme på dette og allereie utpeikt som eit pilot vassområdeutval i arbeidet med direktivet. Ei viktig oppgåve for den regionalt ansvarlege fylkesmannen vil vere å bidra til å leggje til rette for at det blir danna fleire slike samarbeidsprosjekt og å syte for at det arbeidet som blir gjort lokalt blir integrert i det regionale arbeidet på ein formålstenleg måte.

Miljøverndepartementet koordinerer arbeidet med direktivet på nasjonalt nivå, i nært samarbeid med Olje- og energidepartementet, Fiskeri- og kystdepartementet, Landbruks- og matdepartementet og Helse- og omsorgsdepartementet. Av etatar underlagt Miljøverndepartementet vil arbeidet særleg krevje ressursar i Statens forureiningstilsyn, som koordinerer arbeidet mellom berørte direktorat og bidraga frå miljøvernforvaltninga. Meir langsiktige kostnader som oppstår ved gjennomføringa av tiltak utløyste av direktivet, vil avhenge av resultatet av den kartlegginga av vassførekomstane som er nemnt ovanfor. Det vil bli nødvendig med betydeleg ekstra ressursinnsats til overvaking og tiltak i vassførekomstar som viser seg å ikkje ha tilfredsstillande kvalitet. Miljøverndepartementet og dei aktuelle departementa vil komme tilbake til dette også i budsjettproposisjonar i åra framover.

Innan kommunal avløpssektor og fiskeoppdrett blir det nytta utsleppsløyve/pålegg om reinsing, i medhald av forureiningslova, og bruk av tvangsmulkt for å sikre gjennomføring av pålegga. Departementet vil framleis prioritere arbeidet med å betre vasskvaliteten i Vansjø i Østfold. Vassdraget er drikkevasskjelde for om lag 60 000 menneske og er sterkt overbelasta med næringssalt. Delar av Vansjø har fått ei kraftig algeoppblomstring med innslag av giftige algar. Departementet har styrkt arbeidet med å betre vasskvaliteten i vassdraget ved at SFT er involvert i arbeidet og at det er knytt kontakt med Aksjon Jærvassdrag, som driv eit liknande prosjekt på Jæren. Dette samarbeidet vil fortsetje, og departementet vil òg i budsjettet for 2006 prioritere midlar for å betre situasjonen i desse vassdraga.

Departementet held oppe innsatsen i arbeidet med miljøvennleg skipsfart. Dette arbeidet skjer via Sjøfartsdirektoratet som er fagleg underlagt Miljøverndepartementet i saker som gjeld forureining og vern om det marine miljø. Det vart oppretta eit nytt kapittel 1445 «Arbeidet med miljøvennleg skipsfart i Sjøfartsdirektoratet» post 21 Spesielle driftsutgifter, knytt til arbeidet i direktoratet med bl.a. faren for spreiing av fremmande organismar via ballastvatn i skip, og til arbeid med å redusere avfall, oljeforureining, klima- og NOx-utslepp frå skip, i 2005.

Den som driv verksemd som kan medføre akutt forureining skal i medhald av forureiningslova ha ein tilfredsstillande beredskap. Den offentlege beredskapen (kommunal og statleg) er derfor i prinsippet eit supplement til den private beredskapen. Beredskapen for petroleumsverksemda er basert på miljøvernstyresmaktenes felles regelverk med tryggleiksstyresmaktene (Petroleumstilsynet og Sosial- og helsedirektoratet). Internkontroll, som òg omfattar beredskap, er gjennomført hos alle operatørselskap. Operasjonelle utslepp til sjø frå petroleumsverksemda er regulert gjennom forureiningslova, mens sjødugleikslova regulerer utslepp frå skip. På oppdrag frå Statens forureiningstilsyn har operatørselskapa utgreidd ein strategi med tiltaksplan for nullutslepp av miljøfarlege stoff for kvar enkelt installasjon. Tiltaka omfattar både utslepp frå boring/brønnoperasjonar, produksjon og rørleidningar. Rapportering frå operatørselskapa i 2004 viser framleis ein positiv utvikling, særleg når det gjeld reduksjon av mengda miljøfarlege stoff i tilsette kjemikaliar. Det er likevel viktig at selskapa gjennomfører planlagde tiltak for at målet om nullutslepp skal bli nådd.

Det er brei semje om at kunnskapsgrunnlaget om moglege langtidsverknader av utslepp til sjø frå petroleumsverksemda ikkje er godt nok. På denne bakgrunnen har Regjeringa i samarbeid med industrien sett i gang eit forskingsprogram (PROOF) i regi av Noregs forskingsråd på langtidseffektar av utsleppa til sjø frå petroleumsverksemda.

Miljøvernstyresmaktene arbeider vidare for å nyttiggjere seg data frå satellittovervaking av havområda i den langsiktige miljøovervakinga.

11 Resultatområde 5: Helse- og miljøfarlege kjemikaliar

Definisjon og avgrensing

Resultatområdet omfattar arbeidet med å førebyggje og redusere bruk og utslepp av miljøgifter og andre helse- og miljøfarlege kjemikaliar til jord, luft og vatn nasjonalt. Resultatområdet omfattar òg internasjonalt arbeid. Det gjeld bl.a. oppfølginga av Stockholm-konvensjonen, Rotterdam-konvensjonen, miljøgiftprotokollar under FNs økonomiske kommisjon for Europa (ECE) og kjemikaliespørsmål innan OSPAR-konvensjonen, Nordsjø-deklarasjonane og FNs miljøprogram UNEP. Kjemikaliar som bryt ned ozon, drivhusgassar og kjemikaliar som medfører grenseoverskridande og lokale luftforureiningar er dekte under resultatområde 7 Klimaendringar, luftforureining og støy.

Strategisk mål

Utslepp og bruk av helse- og miljøfarlege kjemikaliar skal ikkje føre til helseskadar eller skadar på naturen si evne til produksjon og sjølvfornying. Konsentrasjonane av dei farlegaste kjemikaliane i miljøet skal bringast ned mot bakgrunnsnivået for naturleg førekommande stoff, og tilnærma null for menneskeskapte sambindingar.

Nasjonale resultatmål, miljøvernforvaltningas arbeidsmål, resultatindikatorar og statusbeskriving

Tabell 11.1 Mål- og indikatortabell for resultatområde 5 Helse- og miljøfarlege kjemikaliar

Nasjonale resultatmål:

Miljøvernforvaltningas arbeidsmål:

Miljøvernforvaltningas resultatindikatorar:

1. Utslepp av enkelte miljøgifter (jf. prioritetslista og kriteria i tabell 10.2) skal stansast eller reduserast vesentleg innan år 2000, 2005 og 2010.

1.1. Sikre stans eller reduksjon i utslepp av kjemikaliane som er omfatta av lista eller kriteria, for dei bruksområda som fell innafor ansvarsområdet1 til miljøvernforvaltninga, og i samsvar med fristane i det nasjonale målet.

Indeks for utslepp av kjemikaliar på prioritetslista vekta etter fare for helse og miljø.

2. Utslepp og bruk av kjemikaliar som utgjer eit alvorleg trugsmål mot helse og miljø skal kontinuerleg reduserast med det mål å stanse utsleppa innan ein generasjon (dvs. innan 2020).

2.1. Bidra til at generasjonsmålet blir nådd gjennom bl.a. internasjonalt arbeid.

Nøkkeltala på feltet er til vurdering.

3. Risikoen for at utslepp og bruk av kjemikaliar blir årsak til skade på helse og miljø skal reduserast vesentleg.

3.1. Sikre vesentleg reduksjon i risikoen for at utslepp og bruk fører til skade på helse og miljø for dei kjemikaliane og bruksområda som fell innafor ansvarsområdet1 til miljøvernforvaltninga.

Utvikling i bruk av farlege kjemikaliar fordelte på ulike bransjar (alle fareklassar eller CMR-stoff)

4. Spreiing av miljøgifter frå forureina grunn skal stansast eller reduserast vesentleg. Spreiing av andre helse- eller miljøfarlege kjemikaliar skal reduserast på bakgrunn av ei konkret risikovurdering.

4.1. Sikre stans eller vesentleg reduksjon av spreiing av miljøgifter frå forureina grunn, og sikre ein risikobasert reduksjon i spreiing av andre helse- og miljøfarlege kjemikaliar.

Talet på kjente lokalitetar med alvorleg grunnforureining 2

5. Sediment (botnmassar i vatn) som er forureina med helse- eller miljøfarlege kjemikaliar skal ikkje medføre fare for alvorlege forureiningsproblem.

5.1. Sikre at forureina sediment ikkje medfører fare for alvorlege forureiningsproblem.

Nøkkeltala på feltet er til vurdering3

1  Miljøvernstyresmaktene har ansvaret for den påverknad kjemikaliar har på miljøet generelt. I tillegg har miljøvernstyresmaktene ansvaret for den påverknad kjemikaliar har på helsa til forbrukarane, mens påverknad på helsa til arbeidstakarane er arbeidsstyresmaktenes ansvar. Miljøvernstyresmaktenes ansvar er vidare avgrensa i forhold til bruksområda for kjemikaliane. Eksempel på bruksområde som fell utanfor miljøvernstyresmaktenes ansvarsområde er plantevernmiddel, legemiddel, veterinærprodukt, kosmetikk, næringsmiddel og ei rekkje bekjempingsmiddel. Endeleg er ansvaret òg avgrensa i forhold til enkelte eigenskapar ved kjemikaliar. Brann- og eksplosjonsfare knytt til kjemikaliar fell utanfor miljøvernstyresmaktenes ansvarsområde.

2  Lokalitetar som er kjende av miljøvernstyresmaktene der det finst eller er grunn til å tru at det kan finnast miljøgifter med spreiingsfare, eller andre helse- og miljøfarlege kjemikaliar med spreiingsfare der det ut frå ei risikovurdering er behov for vidare tiltak.

3 Nøkkeltal for forureina sediment er til vurdering. Det blir arbeidd med å få fram eit sett med nøkkeltal som er eigna til å følgje status og utviklinga på feltet. Arbeidet er bl.a. avhengig av eit betre datagrunnlag. Nye nøkkeltal vil bli lagt fram seinare i ei stortingsmelding eller -proposisjon.

Tabell 11.2 Liste over prioriterte kjemikaliar som er omfatta av det nasjonale resultatmål 1 (Prioritetslista)

Skal reduserast vesentleg innan 2000 og blir freista stansa innan 2005:

Skal reduserast vesentleg, seinast innan 2010:

Skal reduserast vesentleg innan 2010 også dersom stoffa oppfyller eitt av kriteria under:

  • Høgklorerte, kortkjeda parafinar

  • PCB

  • Pentaklorfenol

  • Nonylfenol og nonylfenoletoksilat*

  • Oktylfenol og oktylfenoletoksilat*

  • Enkelte tensid

* skal stansast innan 2000

  • Arsen

  • Bromerte flammehemmarar

  • 1,2 Dikloretan (EDC)

  • Dietylheksylftalat (DEHP)

  • Dioksin og furan

  • Heksaklorbenzen

  • Høgklorerte mellomkjeda parafinar

  • Klorerte alkyl benzen (KAB)

  • Muskxylen

  • Tetrakloreten (PER)

  • Triklorbenzen

  • Trikloreten (TRI)

  • PAH

  • PFOS-relaterte sambindingar

  • Tributyltinnsambindingar

  • Trifenyltinnsambindingar

  • Bly

  • Kadmium

  • Koppar

  • Kvikksølv

  • Krom

  1. Stoff som vanskeleg let seg nedbryte, hopar seg opp i levande organismar og som

    1. har alvorlege langtidsverknader for helse, eller

    2. er svært giftige i miljøet.

  2. Stoff som svært vanskeleg let seg nedbryte og som svært lett hopar seg opp i levande organismar (utan krav til kjende giftverknader)

  3. Stoff som

    1. blir funne att i næringskjeda (f.eks. i morsmjølk) i nivå som kan representere ein helse- eller miljørisiko, eller

    2. gir tilsvarande grunn til bekymring slik som hormonforstyrrande stoff og tungmetall

    3. Se merknad til tabellen

Statusbeskriving

Arbeidsmål 1.1. Sikre stans eller reduksjon i utslepp av kjemikaliane som er omfatta av lista eller kriteria, for dei bruksområda som fell innafor miljøvernforvaltningas ansvarsområde, og i samsvar med fristane i det nasjonale målet.

Arbeidsmål 1 omfattar miljøgifter som utgjer særlege helse- og miljøproblem i Noreg. I følgje målet skal utsleppa av stoffa på den første delen av lista stansast innan 2005. Utsleppa av dei andre miljøgiftene på lista skal reduserast vesentleg innan 2010 i forhold til nivået i 1995.

Dei samla utsleppa av alle miljøgiftene på prioritetslista er reduserte frå 1995 til i dag. Utsleppa av miljøgiftene på den første delen av lista er vesentleg reduserte, og målet om at utslepp av oktyl- og nonylfenol og etoksilata deira skulle vere stansa innan år 2000 vart etter miljøvernstyresmaktene sitt syn oppfylt så langt som mogleg. Det vil i 2006 bli gjort ein nærmare gjennomgang i høve til 2005-målet. Utsleppa av miljøgiftene på den andre delen av lista er òg reduserte, og for dei aller fleste stoffa sin del er det venta utsleppsreduksjonar i tråd med målet. Det er likevel naudsynt med framhalden innsats for å nå målet om vesentleg reduksjon for alle stoffa på lista innan 2010.

Arbeidsmål 2.1. Bidra til at generasjonsmålet blir nådd gjennom bl.a. internasjonalt arbeid.

Målet inneber at utslepp og bruk av kjemikaliar som utgjer eit alvorleg trugsmål mot helse og miljø skal stansast innan ein generasjon (25 år frå 1995 då målet vart vedteke, dvs. innan 2020). Stoffa som er omfatta av generasjonsmålet er dei som er rekna som miljøgifter. Målet er nedfelt i miljøgiftstrategien i OSPAR-konvensjonen. Innan OSPAR er rundt 50 stoff prioriterte for tiltak. Eit liknande mål har òg blitt vedteke i EUs rammedirektiv for vatn. Både Stockholm-konvensjonen om organiske miljøgifter og Rotterdam-konvensjonen om handel med farlege kjemikaliar trådde i kraft i 2004 og styrkte den internasjonale reguleringa av miljøgifter. Reduserte utslepp av stoff omfatta av resultatmål 1 og stoff omfatta av internasjonale konvensjonar og plikter medverkar til at vi kjem nærare dette målet.

Arbeidsmål 3.1. Sikre vesentleg reduksjon i risikoen for at utslepp og bruk fører til skade på helse og miljø for dei kjemikalia og bruksområda som fell innafor miljøvernforvaltningas ansvarsområde.

Arbeidsmålet er retta mot det meir generelle arbeidet med å hindre helse- og miljøskade frå kjemikaliar. Målet inneber at stadig mindre helse- og miljøfarlege kjemikaliar skal inngå i produksjon, produkt og avfall, og at kjemikaliar skal nyttast på ein måte som reduserer risikoen for helse- og miljøskade. Det finst ingen enkelt indikator som kan angi samla risiko frå bruk av helse- og miljøfarlege kjemikaliar. Talet på produkt med helse- og miljøfarlege kjemikaliar som er registrerte i Produktregisteret gir likevel ein indikasjon på den totale bruken. Tal frå Produktregisteret syner at talet på produkt ikkje har endra seg vesentleg frå 1999 til 2004.

Arbeidsmål 4.1. Sikre stans eller vesentleg reduksjon i spreiing av miljøgifter frå forureina grunn, og sikre ein risikobasert reduksjon i spreiing av andre helse- og miljøfarlege kjemikaliar frå forureina grunn.

Strategien og status i arbeidet med forureina grunn er omtalt i St.meld. nr. 21 (2004-2005) Regjeringens miljøvernpolitikk og rikets miljøtilstand. Det har vore utpeikt om lag 100 lokalitetar der det skal vere gjennomført tiltak i løpet av 2005 for å sikre at forureininga ikkje utgjer fare for helse eller miljø. Per 1. september 2005 er det gjennomført nødvendige tiltak på ca. 75 av desse lokalitetane. Det er venta at det i løpet av året vil vere gjennomført tiltak på alle dei utpeikte lokalitetane, med unntak av fem lokalitetar på Herøya. Det er venta at desse lokalitetane på Herøya vil vere ferdig undersøkte i løpet av 2005. Dei pågåande undersøkingane skal identifisere potensielle kjeldeområde og dei skal avklare om det skjer spreiing av miljøgifter frå grunnen og ut i fjord og sjøbotn. For desse lokalitetane har det vore nødvendig med ytterlegare grundige undersøkingar for å sikre kvaliteten på avgjerdsgrunnlaget før eventuelle pålegg om tiltak kan rettast. Eventuelle tiltak kan først skje i 2006.

Det har vidare vore utpeikt om lag 500 lokalitetar der det i løpet av 2005 skal vere gjennomført nødvendige undersøkingar om miljøtilstanden og klarlagt eventuelt behov for oppryddingstiltak. Pr. 1. september er nødvendige undersøkingar ferdigstilte på ca. 415 av desse lokalitetane, og det er venta at undersøkingar vil vere ferdigstilte i løpet av året på dei resterande lokalitetane.

Resultata så langt tyder dermed på at delmåla for forureina grunn på det aller næraste vil bli nådd innan tidsfristen. Dette vil vere ein stor milepæl i arbeidet med forureina grunn, der det gjennom fleire år har vore retta inn stor innsats og betydelege ressursar på å gjennomføre nødvendige tiltak og undersøkingar på desse 600 utpeikte, prioriterte lokalitetane innan utgangen av 2005.

For arbeidet med forureina grunn etter 2005 er det lagt til grunn at spreiing av miljøgifter frå forureina grunn skal stansast eller reduserast vesentleg, mens spreiing av andre helse- eller miljøfarlege kjemikaliar skal reduserast på bakgrunn av ei konkret risikovurdering. Det vil særleg bli prioritert oppfølging av stader der forureininga medfører helserisiko for menneske eller der forureininga lek frå grunnen til område som er prioriterte i samband med arbeidet med forureina sjøbotn (sjå arbeidsmål 5.1.). Det skal òg vurderast nærare korleis ein kan ta omsyn til særleg sårbare grupper, som for eksempel barn.

Per 1. september 2005 er det 433 kjende lokalitetar med alvorleg grunnforureining, dvs. lokalitetar som er kjende av miljøvernstyresmaktene der det finst eller er grunn til å tru at det kan finnast miljøgifter med spreiingsfare, eller andre helse- og miljøfarlege kjemikaliar med spreiingsfare der det ut frå ei risikovurdering er behov for vidare tiltak. Oppfølginga av lokalitetane kan innebere undersøkingar, sikring og overdekning, fjerning av massar, arealbruksrestriksjonar eller liknande. Talet på lokalitetar vil gå ned som resultat av gjennomført oppfølging, men vil òg kunne auke på grunnlag av for eksempel nye undersøkingar, nye utslepp eller revurdering av risiko ved forureininga.

Arbeidsmål 5.1. Sikre at forureina sediment ikkje medfører fare for alvorlege forureiningsproblem.

I St.meld. nr. 12 (2001-2002) Rent og rikt hav vart det gitt ein brei presentasjon av arbeidet med forureina sediment, og trekt opp ein ny heilskapleg strategi for det vidare arbeidet med opprydding i forureina sediment. Strategien er utforma med tre parallelle løp: 1) å hindre spreiing av miljøgifter frå høgrisikoområde og hamner med spreiingsfare, 2) å sikre heilskaplege grep regionalt gjennom fylkesvise tiltaksplanar, og 3) å skaffe auka kunnskap gjennom pilotprosjekt, forsking, overvaking og etablering av eit nasjonalt råd. Det vart i 2003 sett i verk konkret oppfølging innafor alle tre strategiområda. Dette arbeidet er ført vidare i 2004 og 2005, med bl.a. opprydding i fleire høgrisikoområde, aktivitetar på fire pilotprosjekt og oppfølging av det nyetablerte nasjonale rådet for forureina sediment. Første fase i utarbeiding av fylkesvise tiltaksplanar for forureina sediment er gjennomført i 29 utpeikte område. For 17 av desse er det prioritert å utarbeide ferdige planar i løpet av 2005. For alle andre kystområde skal det vere utarbeidd ferdige planar innan 2009. Det har vore gjennomført ei nasjonal kartlegging av skipsverft o.l., og resultata frå desse undersøkingane vil inngå i oppfølginga av tiltaksplanane når desse går over i tiltaksfasen. Det er òg gjennomført undersøkingar av utvalde småbåthamner i fem fylke, som vil danne grunnlag for ei brei vurdering av forureiningsomfanget og behov for tiltak i større småbåthamner langs kysten. Utover dette går det føre seg viktige forskings- og overvakingsaktivitetar på feltet.

Verkemiddel

Resultatområde 5 er planlagt finansiert med om lag 157,6 mill. kroner. Finansieringa er i hovudsak dekt over Statens forureiningstilsyns budsjett kap. 1441 og kapitla 1400, 1410 og 1444. Fylkesmannen har òg ansvar for oppgåver under resultatområde 5. Ein viser til nærare omtale av desse under resultatområde 11. Midlar til lønn og drift for desse oppgåvene er budsjetterte på kap. 1510 Fylkesmannsembeta, under Moderniseringsdepartementet sitt budsjett. Lov om vern mot forureiningar og om avfall (forureiningslova), Lov om kontroll med produkt og forbrukartenester, og forskrifter gitt i medhald av desse er dei sentrale juridiske styringsverktøya på kjemikalieområdet.

Regjeringa vil vidareføre ein sterk innsats mot miljøgifter i 2006. For å kunne nå målet om stans i utslepp av miljøgifter innan 2020, kan ein ikkje halde fram med å bruke desse i forbrukarprodukt. Regjeringa vil derfor utgreie eit generelt forbod mot miljøgifter i produkt. Regjeringa vil vidareføre kartlegginga av miljøgifter i naturen og i produkt. Dette vil gi styresmaktene og andre aktuelle aktørar eit betre grunnlag for å redusere utsleppa.

Regjeringa vil følgje opp dei nasjonale handlingsplanane for bromerte flammehemmarar, PCB, og prioriterte miljøgifter som krev særskilt innsats. Regjeringa har lagt fram nye handlingsplanar for PFOS-relaterte sambindingar og kvikksølv for å sikre at målet blir nådd for desse stoffa. Nye reguleringar av bromerte flammehemmarar vil bli vurderte. Internasjonalt arbeid er spesielt viktig, då ei stor mengd av dei helse- og miljøfarlege kjemikaliane som blir tilført miljøet i Noreg stammar frå utslepp i andre land, og blir ført til Noreg via luft- og havstraumar. I tillegg blir det innført ei rekkje kjemikaliar via produkt som er produserte utanfor Noreg. Forslaget til nytt kjemikalieregelverk i EU (REACH) har spesielt stor innverknad for Noreg fordi regelverket vil bli ein del av EØS-avtala. Regjeringa vil medverke til å utvikle eit godt nytt europeisk kjemikalieregelverk gjennom dei fora Noreg deltek i, og Noreg skal medverke til effektiv gjennomføring og utviding av regionale og globale avtaler og konvensjonar på kjemikalieområdet. Noreg vil arbeide for at fleire miljøgifter skal omfattast av dei eksisterande konvensjonane, og har konkret foreslått at dei blir utvida med ein bromert flammehemmar. Noreg vil òg arbeide for at kvikksølv og andre tungmetall blir omfatta av ei global, bindande avtale for å eliminere utslepp så langt som mogleg, og aktivt medverke til ein effektiv global kjemikaliestrategi for å betre den internasjonale forvaltninga av kjemikaliar.

Informasjon er nødvendig for at brukarar skal kunne erstatte farlige kjemikaliar med alternativ som medfører mindre risiko. Produktregisteret er eit landsdekkjande register for farlege kjemikaliar og stoffblandingar som blir produserte i og importerte til Noreg. Produktregisteret har lagt til rette for elektronisk deklarering av farlege kjemikaliar. I denne samanhengen vil ein òg betre tilrettelegginga av offentleg informasjon for allmenta.

Regjeringa vil styrkje arbeidet for at forbrukarar skal kunne ta miljøvennlege val, og dermed redusere bruk av produkt som inneheld helse- og miljøfarlege kjemikaliar. Regjeringa vil særleg ha fokus på miljøgifter i forbrukarprodukt i dette arbeidet.

Verkemiddel for arbeidet med forureina grunn og forureina sediment er presenterte i St.meld. nr. 21 (2004-2005) Regjeringens miljøvernpolitikk og rikets miljøtilstand og i St.meld. nr. 12 (2001-2002) Rent og rikt hav. Utgangspunkt for arbeidet med forureina grunn og forureina sediment er at forureinar skal betale, og det viktigaste verkemidlet for å få rydda opp er pålegg etter forureiningslova. I tillegg er det løyvd midlar til dette arbeidet over Miljøverndepartementets budsjett, for bl.a. undersøkingar og opprydding i område der den ansvarlege ikkje kan påleggjast dei fulle kostnadene, sjå postomtalen til kap. 1441 post 39 Oppryddingstiltak.

For arbeidet med forureina grunn blir det bl.a. arbeidd med å vurdere nye tiltak og verkemiddel i forhold til skytebaner/skytefelt, nedgravne oljetankar og krav om akkreditert prøvetaking. Det blir også arbeidd vidare når det gjeld registrering av opplysningar om attverande forureiningar på eigedommar og effektivisering av saksbehandling og regelverk på feltet.

12 Resultatområde 6: Avfall og gjenvinning

Definisjon og avgrensing

Resultatområdet omfattar arbeidet med å redusere miljøskadelege utslepp som følgje av avfall (inkl. farleg avfall), gjennom å redusere avfallsmengdene, auke gjenvinninga, og syte for ei forsvarleg sluttbehandling av avfallet, og å medverke til mindre forsøpling. Resultatområdet omfattar òg internasjonalt arbeid, særleg arbeidet med EU-direktiv og oppfølginga av Basel-konvensjonen. Resultatområdet omfattar ikkje kjernefysisk avfall eller avfall frå sprengstoff, eksplosiv m.m. Både fiskeavfall som blir dumpa til sjøs og lausmassar, stein og grus er omfatta av avfallsomgrepet, men dei er ikkje årsak til vesentlege ulemper når det gjeld forureining.

Strategisk mål

Det er eit mål å syte for at skadane frå avfall blir så små som mogleg på menneske og naturmiljø. Dette skal gjerast ved å løyse avfallsproblema gjennom verkemiddel som sikrar ein samfunnsøkonomisk god balanse mellom omfanget av avfall som blir generert, og som blir gjenvunne, brent eller deponert.

Nasjonale resultatmål, miljøvernforvaltningas arbeidsmål, resultatindikatorar og statusbeskriving

Tabell 12.1 Mål- og indikatortabell for resultatområde 6: Avfall og gjenvinning

Nasjonale resultatmål:

Miljøvernforvaltningas arbeidsmål:

Miljøvernforvaltningas resultatindikatorar:

1. Utviklinga i generert mengd avfall skal vere vesentleg lågare enn den økonomiske veksten.

1.1. Miljøvernforvaltninga skal stimulere til at generering av avfallsmengdene blir vesentleg lågare enn den økonomiske veksten gjennom verkemiddel for meir riktig prising, kostnads- og ansvarsdeling for avfallshandtering, og gjennom tilskot og kunnskapsformidling1.

Total mengd avfall generert pr. år sett i forhold til økonomisk vekst målt i BNP.

2. Det blir teke sikte på at mengda avfall til gjenvinning skal vere om lag 75 pst. i 2010, med ei vidare opptrapping til 80 pst., basert på at mengda avfall til gjenvinning skal aukast i tråd med det som er eit samfunnsøkonomisk og miljømessig fornuftig nivå.

2.1. Miljøvernforvaltninga skal medverke til rammevilkår som fører til at avfallsmengda til gjenvinning skal vere minimum 75 pst. av generert avfallsmengd pr. år innan 2010 med ei vidare opptrapping til 80 pst., gjennom forvaltning av forureiningslova, konsesjonspraksis og krav til kommunar og næringsliv 1.

Delen av avfall som går til gjenvinning, basert på totalt generert mengd avfall som går til kjent behandling.

3. Praktisk talt alt farleg avfall skal takast forsvarleg hand om, og anten gå til gjenvinning eller vere sikra god nok nasjonal behandlingskapasitet.

3.1. Miljøvernforvaltninga skal medverke til at praktisk talt alt farleg avfall blir teke forsvarleg hand om ut frå miljøomsyn, og til å sikre god nok nasjonal behandlingskapasitet, gjennom forvaltning av forureiningslova og forskrift om gjenvinning og behandling av avfall, kap. 11 farleg avfall.

Mengd farleg avfall med ukjend disponering.

Mengd farleg avfall som blir eksportert til sluttbehandling.

1  Arbeidsmål og oppfølging/verkemiddel knytte til resultatmål 1 vil i betydeleg grad påverke måloppnåinga for resultatmål 2, og omvendt.

Statusbeskriving

Arbeidsmål 1.1. Miljøvernforvaltninga skal stimulere til at generering av avfallsmengdene blir vesentleg lågare enn den økonomiske veksten gjennom verkemiddel for meir riktig prising, kostnads- og ansvarsdeling for avfallshandtering, og gjennom tilskot og kunnskapsformidling.

Miljøvernforvaltninga har få verkemiddel som direkte regulerer genereringa av avfallsmengdene, men strengare krav til avfallsbehandling, avgift på sluttbehandling av avfall og innføring av produsentansvar er med på å stimulere til avfallsreduksjon. Regjeringa arbeider i tillegg for kvalitativ avfallsreduksjon, som først og fremst knyter seg til arbeidet med å redusere innhaldet av helse- og miljøfarlege kjemikaliar i produkt og dermed også avfall (jf. resultatområde 5).

Den totale avfallsmengda auka med om lag 20 pst. i perioden 1993-2003, mens BNP i same periode auka med 37 pst. Mengda næringsavfall hadde isolert sett ein vesentleg lågare vekst, mens mengda hushaldsavfall auka meir enn BNP i denne perioden.

Arbeidsmål 2.1. Miljøvernforvaltninga skal medverke til rammevilkår som fører til at avfallsmengda til gjenvinning skal vere minimum 75 pst. av generert avfallsmengd pr. år innan 2010 med ei vidare opptrapping til 80 pst., gjennom forvaltning av forureiningslova, konsesjonspraksis og krav til kommunar og næringsliv.

Strenge krav til handtering av avfall og avgift på sluttbehandling av avfall medverkar til å styre avfallsstraumane i ønskt retning. Særskilte retur- og produsentansvarsordningar for enkelte avfallstypar legg i tillegg til rette for ei stadig aukande grad av gjenvinning.

Gjenvinning av avfall omfattar materialgjenvinning, biologisk behandling og energiutnytting. I 2003 vart om lag 69 pst. av avfallet gjenvunne (avfall som går til kjent behandling). Av avfallet som blir gjenvunne går om lag 76 pst. til materialgjenvinning, mens 24 pst. blir nytta til energi. Mengda avfall som blir gjenvunne til material auka med 10 pst. frå 2000 til 2003, og utgjer årleg meir enn 2,5 mill. tonn. For energigjenvinning var auken 13 pst. i same periode.

Retursystema for særskilte avfallstypar har oppnådd svært gode resultat, og medverkar til ein positiv auke i delen avfall som går til gjenvinning. Delen innsamla EE-avfall vart i 2004 berekna til over 90 pst. Mesteparten av dette avfallet blir gjenvunne, samtidig som store mengder farleg avfall blir teke forsvarleg hand om. Retursystema for emballasjeavfall oppnådde i 2004 ein samla gjenvinningsdel på 85 pst. Retur av drikkevareemballasje har i mange år gitt positive resultat, for eksempel er returdelen for gjenbruksflasker av glas og plast på over 95 pst.

Arbeidsmål 3.1. Miljøvernforvaltninga skal medverke til at praktisk talt alt farleg avfall blir teke forsvarleg hand om ut frå miljøomsyn, og til å sikre god nok nasjonal behandlingskapasitet, gjennom forvaltning av forureiningslova og avfallsforskriftas kapittel 11 om farleg avfall.

Det fortløpande arbeidet i miljøvernforvaltninga med regulering og tilsyn med alle som handterer farleg avfall er viktig for å sikre høg grad av innsamling og forsvarleg behandling av farleg avfall. Særskilte returordningar medverkar òg til høge tal for gjenvinning, for eksempel EE-avfall.

Det oppstod nær 800 000 tonn farleg avfall i Noreg i 2004. Av dette vart om lag 700 000 tonn levert og handtert i samsvar med gjeldande regelverk. Resterande mengd på om lag 100 000 tonn vart anten handtert ulovleg eller utanom styresmaktene sin kontroll. Dette er ei dobling frå 2002, og skuldast at nye typar avfall nå er omfatta av kategorien farleg avfall (CCA- og kreosot-impregnert trevirke).

Verkemiddel

Avfallspolitikken blir gjennomført gjennom eit samspel mellom ei rekkje ulike verkemiddel; lover og forskrifter, avgifter, tilskotsordningar, bransjeavtaler og informasjonstiltak, og kombinasjonar av desse. Dei sentrale juridiske styringsverktøya på avfallsfeltet er lov om vern mot forureiningar og om avfall (forureiningslova) og forskrift om gjenvinning og behandling av avfall (avfallsforskrifta).

Resultatområdet er planlagt finansiert med 403,3 mill. kroner som blir løyvd over kap. 1441 Statens forureiningstilsyn, kap. 1400 Miljøverndepartementet, og i noko grad over kap. 1410 Miljøforsking og 1429 Riksantikvaren. Fylkesmannen har òg ansvar for store oppgåver under resultatområde 6. Ein viser til nærare omtale av desse under resultatområde 11. Midlar til lønn og drift for desse oppgåvene er budsjetterte på kap. 1510 Fylkesmannsembeta, under Moderniseringsdepartementets budsjett.

Årleg oppstår om lag 4 mill. tonn nedbrytbart avfall. Av dette blir 1 mill. tonn deponert. Deponering av slikt avfall medfører danning av klimagassen metan, og utgjer nær fire prosent av dei totale utsleppa av klimagassar i Noreg. Regjeringa tek sikte på å forby deponering av alt nedbrytbart avfall frå 2009. Tiltaket vil i hovudsak bety redusert klimagassutslepp og samtidig auka utnytting av avfall til material- og energiformål. I tillegg oppnår ein redusert utslepp av miljø- og helseskadelege kjemikaliar gjennom sigevatn frå deponia. For å unngå utilsikta konsekvensar av deponiforbodet, blir det teke sikte på å innføre ein heimel for å gi unntak frå forbodet etter særskilt vurdering, der det blant anna blir lagt vekt på omsyn til miljøet og distrikta.

I Innst. S. nr. 228 (2004-2005) Innstilling fra energi- og miljøkomiteen om Regjeringens miljøvernpolitikk og rikets miljøtilstand ber fleirtalet i komiteen om ei vurdering og omtale av bruk av tekstilavfall til produksjon av isolermatter. Tekstilavfall utgjer ein relativt liten del av den totale avfallsstraumen, med ei årleg generert mengd på om lag 130 000 tonn. Av dette går om lag 13 pst. til ombruk og materialgjenvinning, 29 pst. til forbrenning med energiutnytting og 58 pst. til deponering. Det er i hovudsak Fretex (Frelsesarmèen) og UFF (U-landshjelp frå Folk til Folk) som i dag har eit organisert system for innsamling og sal av brukte tekstilar. Miljøverndepartementet har ikkje funne det formålstenleg å innføre særskilte innsamlingsordningar for denne typen avfall, men er kjent med at Ultimat A/S og andre aktørar ønskjer å utnytte tekstilavfallet til produksjon av blant anna isolasjon. Det føreslåtte forbodet mot deponering av nedbrytbart avfall omfattar òg tekstilar, og vil bidra til at tekstilavfallet blir gjort lettare tilgjengeleg for alternativ utnytting og dermed til etablering av verksemder for gjenvinning. På denne bakgrunnen er det ikkje foreslått å løyve midlar til tilskot til éin aktør.

Bygg- og anleggsavfall utgjer i mengd ein av dei største avfallsstraumane og består av ei rekkje ulike typar avfall. Avfallsplanar er vurderte å ha positive effektar med omsyn til å styre slikt avfall vekk frå deponi og hindre ulovleg disponering. Alle kommunar i landet har derfor fått delegert mynde etter forureiningslova til å krevje avfallsplan frå tiltakshavar i byggje-, rivings- og rehabiliteringsprosjekt. Så langt har berre omkring 30 kommunar valt å innføre krav om slike avfallsplanar. Regjeringa vil gjere det obligatorisk for alle kommunar å krevje avfallsplan i byggjesaker, for å sikre at bygg- og anleggsavfall får ei miljømessig forsvarleg behandling. Krav om avfallsplanar i kommunale byggjesaker vil òg ha positive effektar for arbeidet med farleg avfall, blant anna PCB, ved at farleg avfall i bygningsmassen blir kartlagt og levert til godkjent mottak.

Forskrift om kasserte køyretøy trådde i kraft i 2002 og inneber at produsentar og importørar av køyretøy gradvis tek over ansvaret for innsamling og handtering av kasserte køyretøy fram mot 2007. Som eit resultat av dette, tek Regjeringa sikte på at dagens statlege avgifts-/panteordning og tilskot til oppsamlingssystemet for bilar blir avvikla samtidig med at produsentansvaret for bilar skal gjelde fullt ut frå 2007. Årleg blir det innlevert om lag 110 000 bilvrak, som gir ei innsamlingsgrad på om lag 95 pst. Med dagens behandling av bilvrak ligg gjenvinningsgraden for vrak på om lag 80 pst. Miljøstyresmaktene ser det som svært viktig at bransjeorganiserte system bidrar til minst like høg innsamlingsgrad, og til miljømessig forsvarleg behandling og utnytting av dei kasserte køyretøya. Blant anna blir det lagt særleg vekt på ein god insentivstruktur og godt regionalt tilgjenge for innlevering av bilar, og formålstenlege system for gjenbruk av bildelar. Endringa føreset derfor godkjenning av eit bransjeorganisert system som tek i vare desse omsyna i god tid før 2007. Sjå elles omtale av den statlege ordninga under kap. 1441 post 73 Tilskot til biloppsamlingssystemet og post 75 Utbetaling av pant for bilvrak.

Miljøavgifta på drikkevareemballasje skal prise kostnader ved at drikkevareemballasje hamnar som søppel i naturen. Miljøavgifta blir differensiert etter emballasjens innhald og art. Differensieringa etter innhald er meint å reflektere sannsynet for at emballasjen kan hamne som søppel i naturen. Drikke som ein til no har gått ut frå primært blir drukke i heimen, som til dømes mjølk og juice, er derfor unntatt frå avgifta. Andre drikkevarer blir gitt ei miljøavgift som er differensiert etter materialtype. Miljøavgifta er gradert etter mengda som blir returnert, slik at emballasje som inngår i godkjende retursystem får redusert avgiftssats.

I den seinare tida har utvalet av mjølkeprodukt og juice auka. Det synest å ha skjedd ei produktutvikling og eit endra forbruksmønster som peikar i retning av at ein større del av mjølk og juice mv. no blir konsumert utanfor heimen. Dette aukar sannsynet for at emballasjen hamnar som søppel i naturen, og det er derfor ikkje grunn til å halde fram med unntaket frå avgifta for denne typen drikkevarer.

Ved ein returdel på 95 pst. fell miljøavgifta bort. Den gir derfor sterke insentiv til effektive retursystem. Returdelen for drikkekartongar var om lag 68 pst. i 2004. Dersom mjølk, juice mv. blir teke med i avgiftsgrunnlaget, er det rimeleg å anta at dette gir motivasjon til ytterlegare betring av retursystema og dermed auka returdel og auka gjenvinning.

Miljøverndepartementet og næringslivet har inngått ei avtale om innsamling og gjenvinning av drikkekartongavfall samt optimering av drikkekartong. Dersom mjølk og juice mv. blir teke inn i avgiftsgrunnlaget for miljøavgifta vil denne avtala vere utan innhald slik den er utforma i dag. Årsaka er at verkeområdet for avtala er omfatta av all drikkekartong, med unntak av Stortingets til ei kvar tid gjeldande vedtak om miljøavgifter på emballasje.

Det er foreslått at fritaket frå miljøavgifta på drikkevareemballasje for juice mv., mjølk og mjølkeprodukt og drikkevarer framstilte av kakao og sjokolade blir fjerna frå 1. januar 2006. Samtidig er det foreslått at grunnavgifta på eingongs drikkevareemballasje også blir avvikla. For ytterlegare omtale sjå St.prp. nr. 1 (2005-2006) Skatte-, avgifts- og tollvedtak.

Innsamling og gjenvinning av brukt smøreolje (spillolje) blir stimulert gjennom ei avgift på smøreolje med tilhøyrande avgiftsrefusjon ved innlevering av spillolje til godkjent innsamlar. Refusjonsordninga vart i 2000 utvida til òg å omfatte spillolje som ikkje stammar frå avgiftspliktig smøreolje, men framleis med unntak for spillolje som stammar frå skip i utanriksfart. Sjå nærare omtale av refusjonsordninga under kap. 1441 post 76. For nærare omtale av avgifta sjå til St.prp. nr. 1 (2005-2006) Skatte, avgifts- og tollvedtak.

Avgift på forbrenning av avfall vart 1. juli 2004 omgjort til ei avgift basert på utsleppa av miljøskadelege stoff til luft. Avgifta prisar no miljøkostnadene ved forbrenning av avfall individuelt for alle anlegg, samtidig som den legg betre til rette for ytterlegare gjenvinning og auka avfallsbasert energiproduksjon, jf. både energi- og klimapolitikken. Etter at utsleppsavgifta vart innført, har det vore stilt spørsmål ved enkelte av avgiftssatsane, bl.a. avgiftssatsen på utslepp av krom. Avgiftssatsane skal i prinsippet tilsvare dei miljøskadane som utsleppa medfører. Utrekningar av miljøskadar er usikre og verdsetjinga av skadane kan òg endrast over tid. På denne bakgrunnen kan det vere behov for å evaluere miljøkostnadsoverslaga og vurdere om satsane bør endrast. Sjå elles omtale i St.prp. nr. 1 (2005-2006) Skatte-, avgifts- og tollvedtak.

Utrangerte fritidsbåtar er hittil ikkje vurderte til å utgjere eit vesentleg miljøproblem, og det er derfor ikkje innført særskilte verkemiddel for handtering av utrangerte fritidsbåtar. Statens forureiningstilsyn er likevel gitt i oppdrag å etablere eit samarbeid mellom relevante aktørar for å leggje betre til rette for handteringa av slike båtvrak. Miljøverndepartementet vil òg følgje utviklinga med ei fortløpande vurdering av behovet for ei returordning.

Innsats knytt til å redusere helse- og miljøfarlege stoff i ulike produkt, jf. resultatområde 5, vil ha innverknad på arbeidet med å redusere miljøproblema frå avfall. Kjemikaliepolitikken har som mål å redusere bruk og utslepp av helse- og miljøfarlege kjemikaliar, noko som vil medverke til å redusere mengda farleg avfall som oppstår, såkalla kvalitativ avfallsreduksjon. I tillegg er det behov for at det blir lagt til rette for forsvarleg handtering av farleg avfall frå eit stadig aukande tal produkt. Statens forureiningstilsyn gjennomfører ein strategi for auka innsamling av farleg avfall i perioden 2004 – 2006. Målet med strategien er både å auke innsamlinga av farleg avfall og å redusere mengda farleg avfall som oppstår.

Anlegg for sluttbehandling av avfall er konsesjonspliktige, og det er stilt strenge krav til reinsing av utslepp frå deponi og forbrenningsanlegg. Det vart fastsett ei forskrift med nye krav knytte til deponering av avfall i 2002, mens nye krav til forbrenning av avfall vart fastsette gjennom ny forskrift i 2003.

13 Resultatområde 7:  Klimaendringar, luftforureining og støy

Resultatområdet omfattar følgjande underområde:

  • Klimaendringar

  • Nedbryting av ozonlaget

  • Langtransporterte luftforureiningar

  • Lokal luftkvalitet

  • Støy

Resultatområdet er planlagt finansiert med totalt 141,2 mill. kroner. Finansieringa er i hovudsak dekt over kap. 1400, og kapitla 1410, 1427, 1441 og 1471.

13.1 Klimaendringar

Definisjon og avgrensing

Resultatområdet omfattar arbeidet med å redusere utslepp og auke opptak av klimagassar, under dette karbondioksid (CO2), metan (CH4) og lystgass (N2O). Resultatområdet omfattar òg internasjonalt arbeid, bl.a. oppfølging av Klimakonvensjonen og Kyotoprotokollen.

Strategiske mål

Konsentrasjonen av klimagassar skal stabiliserast på eit nivå som vil hindre farleg, menneskeskapt påverknad av klimasystemet i tråd med artikkel 2 i Klimakonvensjonen.

Nasjonale resultatmål, miljøvernforvaltingas arbeidsmål, resultatindikatorar og statusbeskriving

Tabell 13.1 Mål- og indikatortabell for resultatområde 7, underområde Klimaendringar

Nasjonale resultatmål

Miljøvernforvaltningas arbeidsmål

Miljøvernforvaltningas resultatindikatorar

1.1. Leie det norske arbeidet med å vidareutvikle Klimakonvensjonen og Kyotoprotokollen til å bli miljø- og kostnadseffektive instrument for å redusere utslepp og auke opptaket av klimagassar

Status for dei internasjonale forhandlingane og oppfølging av avtalene i dei enkelte landa.

Igangsetjing av forhandlingar om nye forpliktingar etter 2012.

2. Noreg skal overhalde forpliktinga i Kyotoprotokollen om at utsleppa av klimagassar i perioden 2008-2012 i gjennomsnitt ikkje skal vere meir enn 1 pst. høgare enn i 1990.

2.1. Leie det nasjonale arbeidet med å vidareutvikle og implementere bruken av verkemiddel for å avgrense utsleppa av klimagassar i Noreg.

Utvikling i nasjonale utslepp av klimagassar. Styrken i bruken av verkemiddel overfor klimagassar. Utviklinga og gjennomføringa av kvotesystem og andre verke middel.

2.2. Medverke til å redusere konsekvensane av utslepp ved bruk og produksjon av energi i samarbeid med energistyresmaktene.

Omfang av utnytting av lokale og nye fornybare energikjelder.

Statusbeskriving

Arbeidsmål 1.1. Leie det norske arbeidet med å vidareutvikle Klimakonvensjonen og Kyotoprotokollen til å bli miljø- og kostnadseffektive instrument for å redusere utslepp og auke opptaket av klimagassar.

Kyotoprotokollen trådde i kraft 16. februar 2005 etter at Russland hadde gjennomført den avgjerande ratifiseringa. Noreg ratifiserte Protokollen i 2002. Dei siste par åra har arbeidet internasjonalt bl.a. vore knytt til å oppfylle forpliktingar under Klimakonvensjonen og praktisk tilrettelegging for iverksetjing av Kyotoprotokollen. Ein har blant anna fokusert på operasjonalisering av Den grøne utviklingsmekanismen (CDM).

Regjeringa vil at Noreg skal vere ein aktiv deltakar i internasjonalt klimasamarbeid, bl.a. i arbeidet med å utvikle vidare Klimakonvensjonen og Kyotoprotokollen til å bli miljø- og klimaeffektive instrument for å avgrense utsleppa og auke opptaket av klimagassar. Regjeringa ønskjer å leggje til rette for at norsk industri og næringsliv skal kunne delta aktivt i internasjonalt klimasamarbeid, bl.a. gjennom bruk av Kyoto-mekanismane.

Regjeringa vil òg arbeide for at førebuingar til forhandlingar om internasjonale forpliktingar for åra etter 2012 (etter perioden med forpliktingar under Kyotoprotokollen) kjem i gang så snart som mogleg. På tross av at det under den niande Partskonferansen i Buenos Aires i desember 2004 var klart at Kyotoprotokollen ville tre i kraft, viste det seg likevel vanskeleg å få i gang førebuande diskusjonar om nye forpliktingar etter 2012. Protokollen krev at forhandlingar om seinare forpliktingsperiodar skal starte innan utgangen av 2005. Dersom dette skjer berre innan ramma av Protokollen, vil slike forpliktingar ikkje omfatte eksempelvis USA, som ikkje er part.

Arbeidsmål 2.1. Leie det nasjonale arbeidet med å vidareutvikle og implementere bruken av verkemiddel for å avgrense utsleppa av klimagassar i Noreg.

Utsleppa av klimagassar var i 2003 54,8 mill. tonn CO2-ekvivalentar. Dette er 2,4 pst. høgare enn året før, og vel 9 pst. høgare enn utsleppa i 1990. Klimagassutsleppa i Noreg er venta å auke i åra framover. I 2002 la Regjeringa fram St.meld. nr. 15 (2001-2002) Tilleggsmelding til St.meld. nr. 54 (2000–2001) Norsk klimapolitikk. I tilleggsmeldinga la Regjeringa opp til ein heilskapleg bruk av verkemiddel for å sikre at Noreg oppfyller sine forpliktingar under Kyotoprotokollen. Regjeringa arbeider vidare med oppfølginga av tiltaka som er skisserte i tilleggsmeldinga, inkludert tilrettelegging for bruk av Kyoto-mekanismane.

Eit av dei viktigaste forslaga i tilleggsmeldinga var innføring av eit nasjonalt kvotesystem for klimagassutslepp frå 2005 parallelt med ei vidareføring av CO2-avgifta. Stortingsfleirtalet slutta seg til dette. I 2004 la Regjeringa fram Ot.prp. nr. 13 (2004-2005) Om lov om kvoteplikt og handel med kvoter for utslipp av klimagasser (klimakvoteloven). Proposisjonen fekk Stortinget si tilslutning. Lova trådde i kraft 1. januar 2005. Det var nær dialog med industriens organisasjonar i samband med utarbeidinga av lova. Klimakvotar er no tildelte i medhald av lova. Klimakvotelova omfattar utslepp av CO2 frå industri som i dag ikkje har CO2-avgift og som oppfyller kriteria for å vere del av EUs kvotesystem for klimagassar.

Miljøverndepartementet og Prosessindustriens Landsforening (PIL) vart i 2004 samde om ei forståing for den delen av prosessindustrien som ikkje er omfatta av CO2-avgift. Denne forståinga omfattar avgiftsfrie utslepp frå heile prosessindustrien – også utslepp som ikkje blir omfatta av det tidlege kvotesystemet, med unntak av gassraffineri og ilandføringsterminalar. Semja inneber at utsleppa frå denne delen av industrien skal reduserast med 20 pst. i høve til nivået i 1990 innan utgangen av 2007. Kyotoprotokollen krev oppretting av eit nasjonalt kontaktpunkt for godkjenning av prosjekt under Den grøne utviklingsmekanismen og felles gjennomføring. Regjeringa har vedteke å opprette eit slikt kontaktpunkt under Miljøverndepartementet. Regjeringa ønskjer at norske bedrifter skal kunne handle kvotar med bedrifter som er med i EUs kvotesystem. Regjeringa er i dialog med EU-kommisjonen for å finne ein praktisk måte å få til dette på.

I 2005 vart det oppretta eit norsk register for klimakvotar, som følgje av innføringa av eit nasjonalt kvotesystem. Registeret blir forvalta av SFT. I 2005 har budsjettmidlar blitt nytta m.a. til å kjøpe inn naudsynt programvare for å etablere eit register som både kan nyttast til kvotehandel med EU-land og under Kyotoprotokollen. I 2005 har ein arbeidd med å tilpasse dette registeret til norske forhold. Registeret vil av tekniske årsaker først bli nytta når det er etablert ei kopling mellom Noreg og EUs kvotesystem. SFT har oppretta eit mellombels register for klimakvotane som er tildelte norske verksemder inntil ei slik kopling er på plass. I høve til vidare drift av kvoteregisteret blir det lagt opp til at gebyrinntektene frå systemet for kvotehandel skal finansiere utgiftene.

På Klimakonvensjonens partsmøte i 2001 (vedtak 20/CP 7) vart det vedteke at alle industriland må etablere eit nasjonalt system som sikrar at utslepp og opptak av klimagassar er berekna, rapportert og arkivert i medhald av Kyotoprotokollens regelverk. Det nasjonale systemet skal inkludere institusjonelle, legale, prosedyrebaserte og finansielle ordningar for alle institusjonar som er involverte. Vidare skal det utnemnast ei nasjonal eining med overordna ansvar for klimagassrekneskapet og rapporteringa.

Det blir lagt opp til at det norske systemet byggjer på dagens samarbeid mellom bl.a. SFT og Statistisk sentralbyrå (SSB). På bakgrunn av dette er SFT peikt ut som nasjonal eining med overordna ansvar for rekneskapen og rapporteringa.

Hovudtyngda av arbeidet knytt til utsleppsrekneskapen er finansiert av SFT og SSB gjennom løyvingar over statsbudsjettet til dei respektive institusjonane.

Noreg skal i løpet av 2006 leggje fram utsleppstal som skal vere grunnlag for å berekne den konkrete kvoten vi er tildelt under Kyotoprotokollen. SFT har ansvaret for å utarbeide desse tala, og samarbeider spesielt med Statistisk Sentralbyrå og Jordforsk om dette.

Noreg skal levere sin fjerde nasjonalrapport under Klimakonvensjonen innan 31. desember 2005. Til same tid er vi óg forplikta til å rapportere i høve til Kyotoprotokollens krav om at landa skal ha påviseleg framgang innan 2005.

Arbeidsmål 2.2. Medverke til å redusere konsekvensane av utslepp ved bruk og produksjon av energi i samarbeid med energistyresmaktene.

Utslepp av CO2 frå stasjonær forbrenning svarte til 20,1 millionar tonn i 2003. Regjeringa har som mål å gjere norsk energiproduksjon og energiforbruk mest mogleg robust og miljøvennleg, gjennom m.a. aktiv bruk av Energifondet og Enova SF. Ei viktig målsetjing er dessutan at avfall i langt større grad enn i dag skal erstatte bruk av fossilt brensel.

Verkemiddel

Finansieringa av resultatområde 7, underområdet klimaendringar, blir dekt over kap. 1400, kap. 1410, kap. 1441 og kap. 1471. CO2-avgifta som vart innført i 1991, vil framleis vere hovudverkemidlet i Noreg inntil eit breitt nasjonalt kvotesystem er på plass. CO2-avgifta dekkjer om lag 69 pst. av CO2-utsleppa og om lag 52 pst. av dei samla utsleppa av klimagassar. Ein viser til Finansdepartementets avgiftsproposisjon for ei nærare oversikt over satsane for CO2-avgifta.

Ein klimakvotelov som frå 2005 etablerer eit nasjonalt kvotesystem vart altså vedteken i 2004. EU vedtok i 2003 eit direktiv om kvotehandel for klimagassutslepp, som Noreg, og begynte med kvotehandel med CO2 frå 2005. Enkeltelementa i det norske kvotehandelssystemet frå 2005 er i så stor grad som råd harmoniserte med EUs system. Det er lagt opp til at kvotar frå EUs kvotesystem og frå Den grøne utviklingsmekanismen (CDM) under Kyotoprotokollen skal kunne nyttast i Noreg på visse vilkår. Det har vore samtaler mellom norske styresmakter og EU-kommisjonen, og det er no eit konstruktivt samarbeid med sikte på å få til ei praktisk kopling mellom det norske og EUs kvotesystem.

Miljøverndepartementet og Prosessindustriens Landsforening (PIL) vart i 2004 samde om ei forståing for den delen av prosessindustrien som ikkje er omfatta av CO2-avgift. Denne forståinga omfattar avgiftsfrie utslepp frå heile prosessindustrien – og utslepp som ikkje blir omfatta av det tidlege kvotesystemet, med unntak av gassraffineri og ilandføringsterminalar. Semja inneber at utsleppa frå denne delen av industrien skal reduserast med 20 pst. i høve til nivået i 1990 innan utgangen av 2007.

Miljøverndepartementet har inngått ei avtale med elektrobransjen om reduserte utslepp av SF6. Det vart innført ei avgift på produksjon og import av HFK og PFK 1. januar 2003. Det blir vist til avgiftsproposisjonen frå Finansdepartementet for detaljane om denne avgifta. Avgifta vart supplert med ei refusjonsordning for brukt HFK og PFK som blir levert inn til destruksjon. Refusjonsordninga trådde i kraft frå 1. juli 2004. Avgifta og refusjonsordninga skal saman bidra til å motverke at ozonreduserande gassar som blir fasa ut blir erstatta av klimagassane HFK og PFK, i staden for meir miljøvennlege alternativ. Sjå òg omtale under kapittel 1441 post 76 Refusjonsordningar. Som ledd i klimapolitikken vil Regjeringa medverke til auka bruk av nye fornybare energikjelder. Enova SF skal medverke til å oppfylle nasjonale energi- og miljømål, og spelar gjennom tilskotsordningane sine ei sentral rolle i arbeidet med å auke bruken av ny fornybar energi. Regjeringa legg i tillegg opp til at avfall i større grad enn i dag skal erstatte bruk av fossilt brensel. Som eit ledd i dette arbeidet vart avgifta på forbrenning av avfall 1. juli 2004 omgjort til ei utsleppsbasert avgift. Avgifta prisar no miljøkostnadene ved forbrenning av avfall, samtidig som den stimulerer til ytterlegare gjenvinning og auka avfallsbasert energiproduksjon. Regjeringa tek òg sikte på å innføre eit forbod mot deponering av nedbrytbart avfall frå 2009. (Sjå også omtale under resultatområde 6 Avfall).

Regjeringa vil i tillegg til å halde fast ved verkemiddel som er sette i verk òg ha eit sterkt fokus på vidareutvikling av tiltak nasjonalt. I høve til tiltak på lengre sikt har Regjeringa sett ned eit utval som skal utreie korleis Noreg kan utviklast til eit «lågutsleppssamfunn», med sikte på utsleppsreduksjonar tilsvarande 50 – 80 prosent innan 2050. På bakgrunn av konklusjonane til utvalet vil Regjeringa ta initiativ til ein politisk prosess for å utforme langsiktige nasjonale mål for reduksjon av utslepp av klimagassar. Utvalet held fram med arbeidet i 2006 og vil leggje fram utgreiinga si mot slutten av året.

Eit anna viktig område for Regjeringa er utvikling av teknologi som reduserer utsleppa av CO2 og andre klimagassar. Regjeringa har styrkt innsatsen for utvikling av slik teknologi gjennom opprettinga av gassteknologifondet. Fondet blir forvalta av Gassnova som koordinerer statleg satsing og støtte til utvikling av miljøvennlege, framtidsretta og kostnadseffektive gasskraftteknologiar. Gass­nova skal gi støtte til prosjekt som i utvikling ligg mellom forsking og kommersielle anlegg, t.d. pilot- og demonstrasjonsanlegg. Regjeringa vil òg vidareutvikle samarbeidet med kommunesektoren for å styrkje lokalt energi- og klimaarbeid, slik det vart signalisert i St.meld. nr. 21 (2004-2005) Regjeringens miljøvernpolitikk og Rikets miljøtilstand. Regjeringa vil vurdere nye former for stimuleringsordningar for lokale klimatiltak og reduserte utslepp i sektorar som ikkje har kvoteplikt, t.d. avfallsektoren. Regjeringa foreslår derfor å løyve pengar til dette formålet i 2006. (Sjå også omtale under kap. 1441 post 21, Spesielle driftsutgifter).

I tillegg vil Regjeringa i 2006 starte eit arbeid med å vurdere om relevant lovverk og administrative ordningar i tilstrekkeleg grad tek høgde for den klimapolitiske utfordringa. (Sjå også omtale under kap. 1400 post 21 Spesielle driftsutgifter).

Dei nordiske energi- og miljøministrane har vedteke å etablere eit prøveprosjekt for Austersjø-regionen for utprøving av Kyoto-mekanismane for å skaffe nærare erfaring med slikt prosjektsamarbeid. Prøveprosjektet trådde i kraft i 2003, og ein finansieringsmekanisme vart oppretta under Det nordiske miljøfinansieringsselskapet (NEFCO).

Regjeringa vurderer eit sterkare statleg engasjement i bruk av Kyotomekanismane, utover noverande engasjement i Verdsbankens karbonfond og prøveprosjektet for Austersjøregionen, og korleis eit slikt engasjement eventuelt skal leggjast opp.

Regjeringa har styrkt og fokusert den klimavitskaplege forskinga i Noreg på område av spesiell verdi for Noreg. Satsinga er retta mot forskingsmiljø på eit høgt fagleg nivå, som gjennom kvalitet og val av fordjupingsområde kan få fram resultat av spesiell verdi for problemforståing og politikkutforming, både nasjonalt og internasjonalt. Bl.a. er forsking rundt den regionale klimautviklinga, arktisk klimaforsking og forsking på utvikling av strategiar for tilpassing til klimaendringar prioriterte.

Noreg har lange tradisjonar, høg kompetanse og eit særskilt ansvar for å vere eit føregangsland innan forvalting, forsking og samarbeid i nordområda. Noreg har engasjert seg sterkt i Arktisk Råds omfattande utgreiing om konsekvensar av klimaendringar for natur og samfunn i Arktis (Arctic Climate Impact Assessment, ACIA) som vart framlagt i Arktisk Råd hausten 2004. Studien viser at klimaendringane i Arktis kan bli meir omfattande og vanskelegare å føreseie enn tidlegare antatt, og at klimaendringar i nordområda allereie er ein realitet. Regjeringa ser ACIA-studien som starten på eit langsiktig nasjonalt og internasjonalt arbeid for å betre kunnskapen om klimaendringar og prosessar i Arktis. ACIA-arbeidet vil bli vidareført gjennom eit nasjonalt oppfølgingsprogram for å betre grunnlaget for vedtak, gjennom forsking knytt til det internasjonale polaråret 2007-2008 og gjennom arbeidet under FNs klimapanel, det nordiske miljøvernsamarbeidet og Arktisk Råd.

Hovudvekta av klimaforskinga er samla i eitt stort klimaforskingsprogram, NORKLIMA, som vart starta i 2004. Programmet dekkjer forsking både om klimaendringar og økologiske og samfunnsrelaterte konsekvensar av dette. Programmet omfattar òg forsking på tilpassingar til klimaendringar. Regjeringa vil leggje vekt på å spreie oppdatert informasjon om klimapolitikken og utviklinga i dei internasjonale klimaforhandlingane. Den faglege informasjonen om klimaspørsmål og prosjekt skjer gjennom SFT og andre direktorat. I tillegg blir det gitt støtte til CICERO, Senter for klimaforsking, for å styrkje informasjonsarbeidet på klimaområdet.

Miljøverndepartementet har i samarbeid med dei andre departementa starta arbeidet med å førebu ein strategi for tilpassing til klimaendringar. Samfunnstryggleik og beredskap står sentralt i dette arbeidet. Miljøverndepartementet samarbeider derfor nært med Justis- og politidepartementet. Det blir no arbeidd med å skape ei oversikt over moglege konsekvensar av klimaendringar i Noreg for alle sektorar, og over eksisterande tiltak som kan bli knytte til klimatilpassingar. Dette feltet er prega av stor uvisse og det er derfor behov for ytterlegare kunnskap. Viktige element i ein strategi vil vere organisering av arbeidet og vurdering av nye moglege tiltak. Regjeringa tek sikte på å leggje fram ei sak om dette for Stortinget i 2006.(Sjå også omtale under kap. 1400 post 21 Spesielle driftsutgifter).

13.2 Nedbryting av ozonlaget

Definisjon og avgrensing

Resultatområdet omfattar arbeidet med å førebyggje og redusere utsleppa av alle ozonreduserande stoff, bl.a. klorfluorkarbon (KFK), hydroklorfluorkarbon (HKFK), metylbromid og halon. Resultatområdet omfattar òg internasjonalt arbeid, bl.a. oppfølging av Montrealprotokollen.

Strategiske mål

Alt forbruk av ozonreduserande stoff skal stansast i tråd med Montrealprotokollen.

Nasjonale resultatmål, miljøvernforvaltningas arbeidsmål, resultatindikatorar og statusbeskriving

Tabell 13.2 Mål- og indikatortabell for resultatområde 7, underområde Nedbryting av ozonlaget

Nasjonale mål

Miljøvernforvaltningas arbeidsmål

Miljøvernforvaltningas resultatindikatorar

3.1. Leie det norske arbeidet med å vidareutvikle Montrealprotokollen til framleis å vere eit miljø- og kostnadseffektivt instrument for å avgrense utslepp av ozonreduserande stoff.

Status i det internasjonale arbeidet:

  • talet på land som har ratifisert og følgjer opp dei ulike endringane av protokollen

  • landa si oppfølging av sine forpliktingar.

4. Det skal ikkje vere forbruk av halon, eller av nokon type klorfluorkarbon (KFK), tetraklormetan, metylkloroform og hydrobromfluorkarbon (HBFK).

4.1. Følgje opp bruken av verkemiddel overfor halon, KFK, tetra klormetan, metylkloroform og HBFK.

Reell reduksjon i bruk av KFK og halon.

5. Forbruket av metylbromid skal vere stabilisert frå 1995, og fasa ut innan 2005.

5.1. Leie det nasjonale arbeidet med å vidareutvikle og implementere bruken av verkemiddel for å redusere forbruket av metylbromid i Noreg, under dette oppfølging av endringar i ozonforordninga frå EU.

Reell reduksjon i produksjon, import, eksport og bruk av metylbromid.

6. Forbruket av hydroklorfluorkarbon (HKFK) skal vere stabilisert frå 1995, og fasa ut innan 2010 1.

6.1. Leie det nasjonale arbeidet med å vidareutvikle og implementere bruken av verkemiddel for å redusere forbruket av HKFK i Noreg, under dette følgje opp end ringar i ozonforordninga frå EU.

Reell reduksjon i produksjon, import, eksport og bruk av HKFK.

1 Målet er skjerpa som følgje av at Noreg har gjennomført EUs forordning av 2000 om stoff som bryt ned ozonlaget.

Statusbeskriving

Arbeidsmål 3.1. Leie det norske arbeide med å vidareutvikle Montrealprotokollen til framleis å vere eit miljø- og kostnadseffektivt instrument for å avgrense utslepp av ozonreduserande stoff.

Internasjonalt er ei av hovudutfordringane å leggje forholda til rette for at utviklingslanda kan bli i stand til å oppfylle forpliktingane sine under Montrealprotokollen. Partsmøtet vil forhandle om finansiering av nye tiltak i utviklingsland for den neste 3-årsperioden (2006-2008) gjennom det multilaterale fondet for implementering av Montrealprotokollen (Montrealfondet) hausten 2005. Fondet blir brukt til å støtte u-land i å oppfylle forpliktinga til å fase ut bruken av ozonreduserande stoff. Frå norsk side er vi opptekne av å sikre tilstrekkeleg tilførsel av økonomiske midlar og teknologi for å gjere dette mogleg i tråd med faglege anbefalingar under Montrealprotokollen. Ei anna hovudutfordring internasjonalt er å utvikle vidare regelverket for å sikre at mål og forpliktingar i protokollen blir effektivt oppfylte.

Det er eit problem at mange land som er partar til Montrealprotokollen, særleg u-land, ikkje har ratifisert alle endringane til protokollen frå 1990, 1992, 1997 og 1999. Det er derfor no diskusjonar om kor vidt ein kan finne måtar å modifisere protokollen på (for eksempel ved å inkludere nye ozonreduserande stoff), utan å gå vegen om lange nasjonale ratifikasjonsprosedyrar.

Arbeidsmåla 4.1. – 6.1. Leie det norske arbeidet med å avgrense utslepp av ozonreduserande stoff og forbruket av desse.

Noreg har oppfylt krava i Montrealprotokollen og gjennomført EU-forordninga om ozonreduserande stoff (forordning (EF) 2037/2000), som for enkelte stoff set strengare mål for utfasing enn Montrealprotokollen. For metylbromid er EU sine delmål at bruken skal reduserast med 75 pst. i høve til 1991-nivå innan 1. januar 2003 og 100 pst. innan 1. januar 2005. Bruken av HKFK skal reduserast med 70 pst. i høve til eit nytt basisnivå (som er lik HKFK-bruken i 1989 pluss 2 pst. av KFK-bruken i 1989) innan 1. januar 2004, 75 pst. innan 1. januar 2008 og 100 pst. innan 1. januar 2010.

Noreg ligg godt an til å nå utfasingsmåla for ozonreduserande stoff både under Montrealprotokollen og den nye EU-forordninga. Noreg har ingen produksjon av ozonreduserande stoff. Dei ozonreduserande stoffa som blir brukte er importerte. Unntaket er karbontetraklorid som blir danna ved produksjon av vinylkloridmonomer som er eit mellomprodukt ved PVC-produksjon. Det blir importert små mengder KFK, teraklormetan (karbontetraklorid) og 1,1,1-trikloretan (metylkloroform) til analysar som er godkjende som essensiell bruk under Montrealprotokollen.

Noreg har i mange år lege i framkant av dei internasjonale føresegnene når det gjeld reduksjon i forbruket av dei ozonreduserande stoffa. Målt i ozonreduserande effekt er norsk forbruk av ozonreduserande stoff redusert med meir enn 99 pst. i perioden 1986 til 2004.

Verkemiddel

Finansiering av resultatområde 7, underområde nedbryting av ozonlaget, blir i hovudsak dekt under kap. 1400 og kap. 1441.

Bakgrunnen for dei gode reduksjonsresultata for ozonreduserande stoff i Noreg er at det er teke i bruk ein kombinasjon av verkemiddel som har verka styringseffektivt. Forskrifter, informasjon, frivillige tiltak og samarbeid mellom styresmaktene og bransjane har stått sentralt. Alle dei ozonreduserande stoffa i Montrealprotokollen er no regulerte gjennom forskrift 1. juni 2004 nr. 922 om avgrensing av bruk av helse- og miljøfarlege kjemikaliar og andre produkt (produktforskrifta) kapittel 6.

Det nasjonale arbeidet er no retta mot kontroll av at føresegnene blir etterlevde, og overvaking av miljøsituasjonen. Noreg har sett i verk ei ordning med lisensiering for import og eksport av ozonreduserande stoff, slik det er lagt opp til under Montrealprotokollen.

13.3 Langtransporterte luftforureiningar

Definisjon og avgrensing

Resultatområdet omfattar arbeidet med å førebyggje og redusere utsleppa av svovel, nitrogenoksid, ammoniakk og flyktige organiske sambindingar. I tillegg omfattar det arbeidet med å betre miljøtilstanden, som f.eks. kalking. Meir enn 90 pst. av nedfallet av svovel og nitrogenoksid i Noreg kjem frå kjelder utanfor landegrensene. Resultatområdet omfattar òg internasjonalt arbeid, m.a. oppfølging av Konvensjonen om langtransporterte grensekryssande luftforureiningar.

Strategiske mål

Utsleppa av svovel, nitrogenoksid, flyktige organiske sambindingar og ammoniakk skal reduserast, slik at påverknaden av naturen blir halden innafor kritiske belastningsgrenser (naturen sine tolegrenser), og slik at mennesket si helse og miljøet ikkje tek skade, i tråd med artikkel 2 i Gøteborgprotokollen.

Nasjonale resultatmål, miljøvernforvaltningas arbeidsmål, resultatindikatorar og statusbeskriving

Tabell 13.3 Mål- og indikatortabell for resultatområde 7, underområde Langtransporterte luftforureiningar1

Nasjonale mål

Miljøvernforvaltningas arbeidsmål

Miljøvernforvaltningas resultatindikatorar

7.1. Leie det norske arbeidet under Konvensjonen om langtransportert grensekryssande luftforureining med sikte på å hindre overskridingar av kritiske belastningar.

Del av økosystem i respektive Noreg og heile avtaleområdet som er verna mot overskriding av tolegrenser for forsuring, bakkenært ozon og overgjødsling.

8. Dei årlege utsleppa av svoveldioksid (SO2-utsleppa) skal maksimalt vere 22 000 tonn f.o.m. 2010.

8.1.-11.1 Leie arbeidet med å utvikle og implementere ytterlegare verkemiddel for reduksjon av nasjonale utslepp av SO2, NOx, VOC og NH3

Utvikling i nasjonale utslepp. Del av utsleppa som er omfatta av verkemiddel og styrken på verke midla (kr/eining utslepp) i høve til ulike sektorar.

9. Dei årlege utsleppa av nitrogenoksid (NOx) skal maksimalt vere 156 000 tonn f.o.m. 2010. Fram til 2010 skal dei årlege utsleppa ikkje vere større enn nivået i 1987 (dvs. 230 000 tonn).

9.1. Sjå ovanfor.

Utvikling i nasjonale utslepp. Del av utsleppa som er omfatta av verkemiddel og styrken på verkemidla (kr/eining utslepp) i høve til ulike sektorar.

10. Dei årlege utsleppa av flyktige organiske sambindingar (nmVOC) skal maksimalt vere 195 000 tonn f.o.m. 2010. Fram til 2010 skal dei årlege utsleppa ikkje overstige nivået i 1988 (dvs. 252 000 tonn). Dei årlege utsleppa av nmVOC frå heile fastlandet og norsk økonomisk sone sør for 62. breiddegrad skal ikkje overstige 70 prosent av nivået i 1989 (dvs. 191 000 tonn).

10.1. Sjå ovanfor.

Utvikling i nasjonale utslepp. Del av utsleppa som er omfatta av verkemiddel og styrken på verkemidla (kr/eining utslepp) i høve til ulike sektorar.

11. Dei årlege utsleppa av ammoniakk (NH3) skal maksimalt vere 23 000 tonn f.o.m. 2010.

11.1. Sjå ovanfor.

Utvikling i nasjonale utslepp. Del av utsleppa som er omfatta av verkemiddel og styrken på verkemidla (kr/eining utslepp) i høve til ulike sektorar.

1 Alle resultatmål reflekterer dei forpliktingar Noreg har teke på seg for dei omtalte stoffa i protokollar under ECE-konvensjonen om langtransportert grensekryssande luftforureiningar, inkludert Gøteborgprotokollen som Noreg har ratifisert, men som enno ikkje har trådd i kraft.

Statusbeskriving

Arbeidsmål 7.1. Leie det norske arbeidet under Konvensjonen om langtransportert grensekryssande luftforureining med sikte på å hindre overskridingar av kritiske belastningar.

Noreg er avhengig av omfattande reduksjonar av utslepp i Europa for å løyse miljøproblema som skriv seg frå langtransportert luftforureining. Det vart vedteke ein protokoll om reduksjon av forsuring, overgjødsling og bakkenært ozon (Gøteborgprotokollen) under ECE-konvensjonen om langtransportert grensekryssande luftforureining i 1999. 31 statar har underteikna protokollen, mens 18 partar har ratifisert den pr. 1. september 2005. Protokollen trådde i kraft 17. mai 2005, etter at 16 partar hadde ratifisert den.

Protokollen regulerer landa sine utslepp av svoveldioksid (SO2), nitrogenoksid (NOx), ammoniakk (NH3) og flyktige organiske sambindingar (VOC). Noregs plikter i høve til den nye protokollen er reflekterte i dei nasjonale måla. I 1985 var tolegrensene for forsuring av overflatevatn overskridne på 25 pst. av Noregs areal. Denne delen var redusert til om lag 13 pst. i 2000. Med full effekt av Gøteborgprotokollen vil område med overskridingar av tolegrenser for forsuring bli ytterlegare reduserte. Likevel vil tolegrensene vere overskridne på om lag 7-8 pst. av arealet i Noreg i 2010. Gøteborgprotokollen inneheld ei føresegn om at partane eitt år etter at protokollen trer i kraft bl.a. skal vurdere om forpliktingane er tilstrekkelege til å nå dei langsiktige måla om at forureiningane ikkje skal overstige naturen si tolegrense for forsuring, overgjødsling og bakkenært ozon. Ein treng omfattande fagleg kunnskap, analysar og overvaking av forureiningsbelastninga og miljøtilstanden for å utvikle effektive internasjonale avtaler som byggjer på naturen sine tolegrenser og kritiske belastningsgrenser for menneskeleg helse. Ved revisjon av Gøteborgprotokollen er det òg aktuelt å regulere landa sine utslepp av partiklar som medverkar til helseproblem. Det faglege arbeidet som skal danne grunnlag for revisjon av Gøteborgprotokollen har starta, både nasjonalt og internasjonalt. Norske fagmiljø og miljøforvaltninga deltek aktivt i dette arbeidet.

Arbeidsmåla 8.1.-11.1. Leie arbeidet med å utvikle og implementere ytterlegare verkemiddel for reduksjon av nasjonale utslepp av SO2, NOx, VOC og NH3.

Det er i følgje framskrivingane av utsleppa av svoveldioksid (SO2) rekna med at dei norske utsleppa utan nye miljøtiltak vil vere om lag 27 000 tonn i 2010. Utsleppa var i 2004 25 000 tonn. Dette er ein auke på om lag 10 pst. frå 2003. Størstedelen av utsleppsauken skuldast auka produksjon i prosessindustrien. Noreg vil likevel framleis overhalde den internasjonale forpliktinga for SO2 som går fram av svovelprotokollen frå 1994. For å overhalde forpliktinga i Gøteborgprotokollen innan 2010 må Noreg redusere utsleppa av SO2 med om lag 12 pst. i høve til 2004.

På bakgrunn av forpliktinga i Gøteborgprotokollen har Miljøverndepartementet og Prosessindustriens Landsforening (PIL) inngått ei intensjonsavtale om reduksjonar i svovelutsleppa. Då avtala vart inngått forplikta prosessindustrien seg til å redusere dei årlege utsleppa av SO2 med minimum 5 000 tonn. Prosessindustrien tok òg på seg å leggje fram konkrete forslag til korleis ein slik utsleppsreduksjon kan gjennomførast, og samtidig leggje fram forslag til korleis ein samla reduksjon på 7 000 tonn kan gjennomførast på ein måte som er kostnadseffektiv for Noreg. Utslepp frå den enkelte verksemda vil bli regulerte i utsleppsløyve frå SFT. Stortinget vedtok på denne bakgrunnen å fjerne avgifta for utslepp av SO2 frå bruk av kol og koks og frå raffineria frå 1. januar 2002. Det er venta at gjennomføring av avtala med PIL vil sikre at Noreg overheld forpliktinga i Gøteborgprotokollen om utslepp av SO2.

Framskrivingar viser at dei årlege utsleppa av NOx kan ventast reduserte til om lag 200 000 tonn i 2010 med dei tiltaka som er vedtekne til no. Utsleppa av NOx i 2004 var 221 000 tonn. Dette er ein svak auke frå 2003 og ligg 9000 tonn under gjeldande internasjonale krav. For å overhalde kravet i Gøteborgprotokollen må Noreg redusere utsleppa av NOx med 29 pst. i høve til 2004. For NOx-utsleppa er bruken av verkemiddel i dag utforma med utgangspunkt i St.meld. nr. 41 (1994-95) Om Norges politikk mot klimaendringer og utslipp av nitrogenoksider (NOx). Utsleppa av NOx frå køyretøy er regulerte gjennom køyretøyforskriftene til vegtrafikklova. Krava er gjort strengare i tråd med utviklinga av EUs regelverk på området. Det vart i 2000 innført differensiert årsavgift på tunge køyretøy etter utsleppa av bl.a. NOx. Låg-NOx-brennarar blir tekne i bruk ved installering av nye gassturbinar på norsk sokkel der slik teknologi er kommersielt tilgjengeleg. Sjøfartsorganisasjonen i FN, IMO, har vedteke regelverk som set krav til NOx-utslepp frå skip som er bygde eller oppgraderte 1. januar 2000 eller seinare. Det er naudsynt med strengare verkemiddel for at Noreg skal overhalde NOx-forpliktinga i Gøteborgprotokollen; sjå nærare omtale under «Verkemiddel».

Dei samla norske utsleppa av VOC auka med 33 pst. frå 1990 til 2001. Frå 2001 til 2004 vart utsleppa reduserte med 32 pst. I 2004 var utsleppa av VOC 266 000 tonn. Forpliktinga vår under VOC-protokollen av 1991 tilsvarer 252 000 tonn. For å etterleve forpliktinga i Gøteborgprotokollen må Noreg redusere utsleppa av VOC med 27 pst. i høve til 2004.

For å redusere utsleppa til eit nivå som er innafor det vi har forplikta oss til internasjonalt, er utslepp av VOC frå lasting og lagring av råolje på sokkelen regulerte gjennom utsleppsløyve etter forureiningslova. Noreg har gjennom forskrifter gjennomført eit EU-direktiv om å redusere VOC-utsleppa frå lagring og distribusjon av bensin frå terminalar til bensinstasjonar, eit direktiv om utslepp av VOC frå bruk av løysemiddel i visse verksemder og anlegg, og eit anna direktiv om VOC i maling og lakk. Krava i VOC-protokollen av 1991, som skulle ha vore innfridde i 1999, ligg ein no an til å greie frå høvesvis 2005 og 2006, gjennom dei utsleppskrava som no er sette til lasting og lagring av råolje på sokkelen. Desse krava vil, saman med dei andre tiltaka som er nemnde ovanfor, venteleg føre til at Noreg oppfyller VOC-forpliktinga i Gøteborgprotokollen òg.

Utsleppa av ammoniakk i Noreg auka med om lag 10 pst. i perioden 1990-2004. Auken skuldast i hovudsak auka utslepp av ammoniakk frå landbruket og frå personbilar med trevegs katalysator. Om lag 90 pst. av ammoniakkutsleppa i Noreg skjer i landbruket. Det er venta at utsleppa vil endre seg lite fram mot 2010 utan nye tiltak. For å overhalde krava etter Gøteborgprotokollen må Noreg frå 2010 halde dei årlege utsleppa av ammoniakk på same nivå som i 2004.

Verkemiddel

Finansiering av arbeidet under resultatområde 7, underområde langtransportert luftforureining, blir i hovudsak dekt under kap. 1400 og kap. 1441. Kostnadar til kalking blir dekte under kap. 1427.

Regjeringa vil føre vidare den aktive medverknaden frå Noreg si side i det omfattande internasjonale samarbeidet knytt til forsking, utgreiing og kartlegging av miljøproblem som skuldast langtransportert luftforureining. Dette arbeidet omfattar bl.a. overvaking, undersøkingar og analysar for å etterprøve at dei protokollane som allereie er i kraft har hatt dei venta miljøeffektane, og som grunnlag for forhandlingar om moglege nye protokollar. Dei nasjonale overvakingsprogramma, forskingsprogram under Noregs forskingsråd, og Miljøverndepartementets program Naturens tolegrenser, er sentrale for å leggje grunnlag for nye avtaler om langtransportert luftforureining. Miljøvernforvaltninga medverkar òg til å finansiere dei internasjonale programma under Konvensjonen om langtransportert grensekryssande luftforureining.

Som grunnlag for val av tiltak og verkemiddel for å overhalde Noregs plikter når det gjeld utsleppsreduksjonar analyserer miljøvernforvaltninga, i samarbeid med andre styresmakter, bl.a. potensialet for utsleppsreduksjonar ved ulike tiltak og verkemiddel, og kostnadar ved desse.

Som nemnd over er det naudsynt med strengare verkemiddel for at Noreg skal overhalde NOx-forpliktinga i Gøteborgprotokollen. Regjeringa har i St.meld. nr. 21 (2004-2005) Regjeringens miljøvernpolitikk og rikets miljøtilstandgjort greie for kva verkemiddel det er aktuelt å nytte for å overhalde forpliktinga. Dei viktigaste verkemidla vil vere å stille krav i forskrift til utslepp til luft frå både nye og eksisterande skip i norsk innanriksfart og frå fiskefartøy, og å stille nye krav i utsleppsløyve til landbasert industri og til energianlegga på sokkelen. For å sikre mest mogleg kostnadseffektiv måloppnåing, vil ein leggje til rette for fleksible løysingar ved gjennomføring av utsleppskrav som går utover krava som følgjer av EUs direktiv om integrert forureiningskontroll (IPPC-direktivet) og utsleppskrava som blir sette til skip og fiskefartøy. Regjeringa legg vekt på at verkemidla må medverke til å sikre at NOx-forpliktinga blir nådd innan 2010, dei må vere føreseielege for aktørane, og gi gode insentiv på tvers av sektorar. Regjeringa vil òg vurdere om det bør givast tilskot til finansiering av NOx-reduserande tiltak på skip og fiskefartøy.Regjeringa vil utgreie aktuelle verkemiddel, blant anna ei NOx-avgift. Regjeringa vil vidare vurdere å differensiere årsavgifta for køyretøy med tillaten totalvekt opp til 12 tonn etter utsleppa av NOx. Vektårsavgifta gjeld i dag for køyretøy med tillaten totalvekt over 12 tonn og består av høvesvis ein vektgradert og ein miljødifferensiert del. Regjeringa foreslår å utvide vektårsavgifta til også å gjelde køyretøy med tillaten totalvekt mellom 7,5 og 12 tonn. Miljødifferensieringa skal gjerast i høve til kva avgasskrav køyretøya oppfyller, jf. nærare omtale i St.prp.nr. 1 (2005-2005) Skatte-, avgifts- og tollvedtak. Finansdepartementet varslar i tillegg at CO2-utslepp kan bli inkludert i berekningsgrunnlaget for eingangsavgifta frå 2007.

Som det går fram av statusbeskrivinga har ein i hovudsak avklart kva for verkemiddel som skal nyttast for å overhalde forpliktingane for SO2, VOC og ammoniakk. Ein vil følgje utviklinga i utslepp av desse gassane og fortløpande vurdere om det er behov for endringar i verkemidla. Regjeringa vil ved seinare høve komme tilbake til Stortinget med endringar i bruken av verkemiddel som er naudsynte for å overhalde forpliktingane i Gøteborgprotokollen.

13.4 Lokal luftkvalitet

Definisjon og avgrensing

Resultatområdet omfattar arbeidet med å førebyggje og redusere helseskadelege utslepp av dei stoffa som gir redusert luftkvalitet lokalt. Hovudkjeldene til slike utslepp er vegtrafikk og vedfyring, men andre kjelder medverkar òg. Resultatområdet omfattar òg internasjonalt arbeid, med utvikling og oppfølging av EU-direktiv som det mest sentrale.

Strategiske mål

Lokale problem med luftforureining skal førebyggjast og reduserast slik at ein tek omsyn til helse og trivsel for menneska.

Nasjonale resultatmål, miljøvernforvaltningas arbeidsmål, resultatindikatorar og statusbeskriving

Tabell 13.4 Mål- og indikatortabell for resultatområde 7 underområde Lokal luftkvalitet

Nasjonale resultatmål

Miljøvernforvaltningas arbeidsmål

Miljøvernforvaltningas resultatindikatorar

12. Gjennomsnittleg døgnkonsentrasjon av svevestøv (PM10) skal innan 2005 ikkje overskride 50 g/m3 meir enn 25 dagar pr. år og innan 2010 ikkje meir enn 7 dagar pr. år.

12.1.-15.1. Medverke til å nå dei nasjonale måla for luftkvalitet ved å syte for reduserte utslepp frå stasjonære kjelder og betre miljøkvalitet på drivstoff og fyringsolje.

Utslepp av svevestøv (PM10), nitrogendioksid (NO2), svovel­dioksid (SO2) og benzen frå stasjonære kjelder.

13. Gjennomsnittleg timekonsentrasjon av nitrogendioksid (NO2) skal innan 2010 ikkje overskride 150 g/m3 meir enn 8 timar pr. år.

14. Gjennomsnittleg døgnkonsentrasjon av svoveldioksid (SO2) skal innan 2005 ikkje overskride 90 g/m3.

15. Gjennomsnittleg årskonsentrasjon av benzen skal innan 2010 ikkje overskride 2 g/m3 som bybakgrunnsverdi.

Statusbeskriving

Arbeidsmål 12.1.-15.1. Medverke til å nå dei nasjonale måla for luftkvalitet ved å syte for reduserte utslepp frå stasjonære kjelder og betre miljøkvalitet på drivstoff og fyringsolje.

Generelt er den lokale luftkvaliteten i Noreg god, men i nokre større byar og tettstader kan lokale luftforureiningar i periodar gi betydelege helse- og trivselsproblem. Målingar viser at det nasjonale resultatmålet for svevestøv som gjeld frå 2005 er eller vil bli overskride i fleire byområde i Noreg. Blant desse er Oslo, Trondheim og Grenland. Overskridingane skjer i hovudsak i område langs dei mest trafikkerte vegane. Nivåa for svevestøv vil bli reduserte fram mot 2010, men målet gjeldande for 2010 vil likevel bli overskride i mange byar og tettstader. Utrekningar viser at i 2003 vart rundt 230 000 menneske i Oslo utsette for konsentrasjonar som var høgare enn det nasjonale målet for 2010. Endå fleire vart utsette for forureining som kan gi helseverknader for spesielt utsette grupper. Det må setjast i verk ytterlegare tiltak for å nå dei nasjonale måla for svevestøv.

Det synest òg nødvendig med ytterlegare tiltak for å nå målet for 2010 for nitrogendioksid. Konsentrasjonen av svoveldioksid og benzen i by- og tettstadsluft vil truleg vere innafor dei nasjonale måla i respektive 2005 og 2010. Det nasjonale målet for svoveldioksid for 2005 blir sett på som oppnådd i byar og tettstader, med unntak av nokre industristader. Då det framleis førekjem overskridingar av det nasjonale målet enkelte stader blir målet vidareført.

Vegtrafikk er den dominerande kjelda til lokal luftforureining. For NO2-konsentrasjonar i byar og langs vegar er eksosgassar frå vegtrafikk hovudkjelda. Likevel er utsleppa av NOx frå vegtrafikk redusert med 45 pst. frå 1990 til 2003 som følgje av innførte avgasskrav. Vegtrafikken er òg ein hovudbidragsytar til partikkelforureining gjennom eksosgassar og vegslitasje, men her kan vedfyring òg vere ei vesentlig kjelde. Gjennom nye krav til utslepp frå tunge køyretøy, kvaliteten på drivstoff og redusert piggdekkbruk er utsleppa av svevestøv frå vegtrafikken blitt reduserte med 37 pst. frå 1990 til 2003.

Fyring med ved er fleire stader ei vesentleg kjelde til luftforureininga (svevestøv), spesielt på kalde dagar om vinteren. Dette gjeld spesielt dei minste partiklane. Utslepp frå vedfyring auka med 6 pst. frå 1990 til 2003. Utsleppsveksten hadde vore høgare dersom ikkje stadig fleire skifter ut gamle forureinande omnar med nyare og meir miljøvennlege omnar. I tillegg til svevestøv medverkar vedfyring til utslepp av andre helseskadelege sambindingar. Utslepp frå store, stasjonære kjelder kan i dag føre til enkelte overskridingar av dei nasjonale resultatmåla.

Verkemiddel

Budsjettmidlar til faglege utgreiingar, forsking og miljøovervaking utgjer eit viktig og nødvendig grunnlag for arbeidet med lokal luftkvalitet, og blir dekte under kap. 1441 og 1410. Resultat frå miljøovervaking blir nytta vidare i utrekningsmodellar, utgreiingar av tiltak og i dose-respons-samanhengar. Budsjettmidla blir òg nytta til å utvikle verktøy og metodar.

Føresegna om lokal luftkvalitet i forskrift 1. juni 2004 nr. 931 om avgrensing av forureining (forureiningsforskrifta) kapittel 7 er det sentrale virkemidlet på området lokal luftkvalitet. I føresegna blir kommunane gjort til forureiningsstyresmakt for lokal luft. Forskrifta set grenseverdiar for konsentrasjonane av ei rekkje stoff og set krav til målingar, utrekningar, tiltaksutgreiingar og rapportering. I tilknyting til føresegna følgjer det òg ein rettleiar. Eit nytt EU-direktiv om tungmetall og PAH vil bli gjennomført i forureiningsforskrifta i 2006.

Gjennom føresegna om kvaliteten på bensin og autodiesel til bruk i motorvogner i forskrift 1. juni 2004 nr. 922 om avgrensing i bruk av helse- og miljøfarlege kjemikaliar og andre produkt (produktforskrifta), implementerer Noreg EU-direktiv på området. Ein viser til omtale i St.prp. nr. 1 (2004-2005) Skatte-, avgifts- og tollvedtak, og vedtak om bruk av avgiftsinsentiv for innføring av svovelfritt drivstoff frå januar 2005.

Det skal utarbeidast eit pressesenter på nett hausten 2005, der daglege varsel om luftkvalitet skal gjerast lettare tilgjengelege for media. Dette er eit tiltak for å spreie informasjon til befolkninga om lokal luftkvalitet gjennom ulike medium. Det blir særleg satsa på å informere om luftkvalitet og tilgjengelege varslingstenester til spesielt sårbare grupper i befolkninga. Tiltaket er ledd i oppfølginga av Regjeringas handlingsplan for auka tilgjenge for personar med nedsett funksjonsevne.

Regjeringa vil vurdere nye kjelderetta tiltak, bl.a. vil det i 2006 bli sett nærare på betydninga for lokal luftkvalitet av utslepp frå anleggsmaskiner, og eventuelt bli vurdert tiltak for å redusere utsleppa. Vedfyring som kjelde til lokal luftforureining vil òg få merksemd i 2006.

Plan- og bygningslova er eit viktig verkemiddel i samband med lokal luftforureining, fordi den kan nyttast til å påverke lokaliseringa av utsleppskjeldene, og til å regulere utnyttinga av omkringliggjande areal. Rikspolitiske retningslinjer for samordna areal- og transportplanlegging skal leggjast til grunn for all planlegging og utøving av mynde i kommunar, fylkeskommunar og statlege organ. Fylkesmannen har òg ansvar for oppgåver under resultatområde 7. Ein viser til nærare omtale av desse under resultatområde 11.

13.5 Støy

Definisjon og avgrensing

Resultatområdet omfattar arbeidet med å førebyggje og redusere dei støyproblema som gir negative helse- og trivselseffektar. Sentralt står òg arbeidet med å fremje stille (fråvere av støy) som miljøkvalitet. Hovudkjelda til støyplager er vegtrafikk, men ei rekkje andre kjelder medverkar òg. Resultatområdet omfattar òg internasjonalt arbeid, med utvikling og oppfølging av EU-direktiv som det mest sentrale.

Strategisk mål

Støyproblem skal førebyggjast og reduserast slik at det blir teke omsyn til helse og trivsel for menneska.

Nasjonale resultatmål, miljøvernforvaltningas arbeidsmål, resultatindikatorar og statusbeskriving

Tabell 13.5 Mål- og indikatortabell for resultatområde 7 underområde Støy

Nasjonale resultatmål

Miljøvernforvaltningas arbeidsmål

Miljøvernforvaltningas ­resultatindikatorar

16. Støyplaga skal reduserast med 25 pst. innan 2010 i forhold til 1999.

16.1. Miljøvernstyresmaktene skal medverke til å nå det nasjonale målet for støy, gjennom bl.a. ved eigne verkemiddel å syte for å redusere støyplagene frå industri, motorsport, skytebaner og enkelte produkt.

Samla støyplage (SPI) frå alle kartlagde kjelder, spesielt SPI for industri, motorsport og skytebaner.

Statusbeskriving

Arbeidsmål 16.1. Miljøvernstyresmaktene skal medverke til å nå det nasjonale målet for støy, gjennom bl.a. ved eigne verkemiddel å syte for å redusere støyplagene frå industri, motorsport, skytebaner og enkelte produkt.

Støy er eit av dei miljøproblema som rammar flest menneske i Noreg. Rundt 1,7 millionar personar er utsette for støy nær bustaden sin. Eit fleirtal av desse opplever å vere plaga av støyen, og rundt ½ million personar er sterkt eller mykje plaga. Ifølgje dei nyaste støytala frå august 2005 (SSB) utgjer støy frå samferdsel til saman opp mot 90 pst. av kartlagt støyplage, der vegtrafikk åleine står for nesten 78 pst., og tog og fly bidreg med rundt 4 pst. kvar. Til tross for at dei nye tala viser at det i perioden 1999-2003 har vore nedgang i støyplaga frå luftfarten på 22 pst. og frå jernbane på 20 pst. , har det vore ein samla auke i støyplaga på ca. 2 pst. i same tidsperiode. Auken i støyplage skuldast i hovudsak auka vegtrafikk, mens auka busetjing i trafikkerte område også medverka. Støyplaga frå vegtrafikk åleine auka med ca. 6 pst. i perioden. Det er dei ulike sektordepartementa som har hovudansvaret for å sikre ein reduksjon av støyplaga innafor sin samfunnssektor, og medverke til at det nasjonale resultatmålet for støy kan bli nådd. Skal ein nå målet er det behov for nye tiltak og verkemiddel, særleg retta inn mot støy frå vegtrafikken.

Miljøvernstyresmaktene har eit koordinerings- og pådrivaransvar på støyfeltet, og følgjer opp status og utvikling i støyutsleppa og støyplaga generelt. Miljøvernstyresmaktene har vidare eit ansvar for å medverke til redusert støyplage frå dei ulike kjeldene der miljøvernstyresmaktene sjølve har verkemiddel – konsesjonspliktig industri og næringsverksemd, skytebaner, motorsportbaner og enkelte produkt. Industri- og næringsstøy utgjorde i 1999 ca. 7 pst. av samla støyplage, og industri- og næringsstøyen er blitt redusert med ca. 6 pst. frå 1999 til 2003. Støyplagene frå skytebaner, motorsport og produkt er betydeleg mindre (til saman rundt 3-4 pst. av samla støyplage). Ein reknar med at støyplaga frå desse kjeldene er omtrent uendra sidan 1999, men det er enno relativt stor uvisse i talmaterialet for dei minste støykjeldene. Tiltak overfor dei støykjeldene der miljøvernstyresmaktene har verkemiddel kan altså berre i avgrensa grad medverke til at det nasjonale målet for støy blir nådd.

Verkemiddel

Budsjettmidlar til faglege utgreiingar, forsking og miljøovervaking utgjer eit viktig og nødvendig grunnlag for arbeidet med støy, og blir dekte over kap. 1441, 1400 og 1410. Miljøovervaking er innhenting av tal over utslepp og andre miljødata, og blir nytta bl.a. i utrekningsmodellar, utgreiingar av tiltak og rapportering av resultat. Både utgreiingsmidlar og forskingsmidlar er sentrale for å kunne utvikle vidare den nasjonale støymodellen for utrekning og oppfølging av støyplaga på tvers av kjelder. Forskings- og utgreiingsmidlar skal vidare medverke til kompetanseoppbygging i dei støyfaglege miljøa og i høgare utdanning.

Kapittel 5 om støy i forskrift om avgrensing av forureining av 1. juni 2004 set krav til gjennomføring av utbetringstiltak for dei som er utsette for innandørsstøy over 42 desibel i gjennomsnitt over døgnet. Støy frå bl.a. industri, motorsport og skytebaner kan regulerast gjennom konsesjonssystemet i forureiningslova. Lova om produktkontroll heimlar støykrav til produkt, og er nytta til å gi forskrifter om m.a. leiketøy, fritidsbåtar m.m.

Gjennom ein fornuftig arealbruk er Plan- og byggingslova det viktigste verkemidlet for å førebyggje støyproblem. Plansystemet blir nytta til å bestemme lokaliseringa av støykjelder, og til å regulere utnyttinga av areal som ligg omkring. Rikspolitiske retningslinjer for samordna areal- og transportplanlegging skal leggjast til grunn for all planlegging og utøving av mynde i kommunar, fylkeskommunar og hos statlege organ. Det er gitt ei felles retningslinje for behandling av støy i plansaker, med fokus på dei største støykjeldene.

Det er eit klart behov for å setje i verk ytterlegare støytiltak. Samferdsledepartementet, Helse- og omsorgsdepartementet og Miljøverndepartementet har vedteke å vurdere høvet for å forsterke innsatsen, og utarbeide ein handlingsplan knytt til kampen mot støy. Samtidig skal støymålet evaluerast og eventuell justerast, for å sikre at det er på eit samfunnsøkonomisk og miljømessig fornuftig nivå. Vidare skal ambisjonsnivået i forureiningsforskriftas krav til støynivå innandørs og utrekningsmetodar for innandørsstøy vurderast innafor ein heilskapleg verkemiddelbruk.

EU vedtok 25. juni 2002 eit rammedirektiv for utandørs støy. Fokus er i første rekkje på kartlegging, informasjon og etablering av felles måleeining og målemetodar for støy. Direktivet er implementert i kapittel 5 i den nye forskrifta om avgrensing av forureining (forureiningsforskrifta), og første kartlegging i Noreg skal vere ferdig til 30. juni 2007. Rammedirektivet stipulerer òg at Europakommisjonen i løpet av 4 år skal ha utarbeidd forslag til reduksjon av støy frå dei viktigaste kjeldene – veg og køyretøy, jernbaner og -materiell, fly, utandørs maskiner og industriutstyr og mobile maskiner. Fylkesmannen har òg ansvar for store oppgåver under resultatområde 7. Ein viser til nærare omtale av desse under resultatområde 11. Midlar til lønn og drift for desse oppgåvene er budsjetterte på kap. 1510 Fylkesmannsembeta, under Moderniseringsdepartementets budsjett.

14 Resultatområde 8: Internasjonalt miljøvernsamarbeid og miljøvern i nord – og polarområda

Resultatområdet omfattar følgjande underområde:

  • Internasjonalt miljøvernsamarbeid

  • Miljøvern i nord- og polarområda

14.1 Internasjonalt miljøvernsamarbeid

Definisjon og avgrensing

Til resultatområdet høyrer å ta vare på norske interesser innafor det generelle internasjonale miljøvernsamarbeidet, og arbeidet med miljø- og utviklingsproblem innafor organisasjonar knytte til FN-systemet, særleg FNs miljøprogram (UNEP) og Kommisjonen for berekraftig utvikling (CSD), og innafor organisasjonar utanfor FN-systemet som EU/EØS, Nordisk Ministerråd, OECD og Verdas handelsorganisasjon (WTO). Resultatområdet omfattar vidare regionalt og bilateralt miljøvernsamarbeid med land i Aust-Europa, Indonesia, Kina og Sør-Afrika. Internasjonalt samarbeid er også omtalt under nord- og polarområda der dette naturleg høyrer heime. Internasjonalt arbeid retta mot dei enkelte miljøutfordringane er dekt under dei andre resultatområda.

Strategiske mål

Internasjonalt miljøvernsamarbeid skal medverke til å redusere globale miljøproblem og miljøskadar i Noreg som skuldast aktivitetar og utslepp i andre land, sikre ei berekraftig utvikling og betring av miljøtilstanden i nærområda våre og i u-landa, og sikre at internasjonale avtaler og regelverk gir rammevilkår som ikkje svekkjer den nasjonale miljøvernpolitikken.

Nasjonale resultatmål, miljøvernforvaltningas arbeidsmål, resultatindikatorar og statusbeskriving

Tabell 14.1 Mål- og indikatortabell for resultatområde 8 underområde Internasjonalt miljøvernsamarbeid

Nasjonale mål

Miljøvernforvaltningas arbeidsmål

Miljøvernforvaltningas resultatindikatorar

1. Noreg skal arbeide aktivt for at EU/EØS-regelverket har eit høgt vernenivå på miljøområdet og medverke til ei berekraftig utvikling.

1.1. Påverke utforminga av EUs politikk basert på ein brei nasjonal prosess på område av stor betydning for Noreg, f. eks. i forhold til klimaendringar, kjemikaliar og genmodifiserte organismar.

Vere pådrivar overfor EU-institusjonane i saker som er viktige for Noreg.

1.2. Sikre at relevante og akseptable EU-rettsakter blir gjennomførte ope og effektivt i det norske lovverket.

Få færrast mogleg rettsaktar på ESAs resultattavle.

2. Globale og regionale samarbeidsorgan skal utviklast til effektiv reiskap for berekraftig utvikling, for å oppnå globale og regionale miljømål og for effektiv oppfølging av internasjonale miljøkonvensjonar.

2.1. Medverke til oppfølging av strategien for berekraftig utvikling i Norden og handlingsprogrammet for det nordiske miljøsamarbeidet 2005-2008.

Status for oppfølging av målsetjingane i handlingsplanen.

2.2. Gjennomføre norsk formannskap i Nordisk Ministerråd med særleg fokus på miljøproblema i Arktis og lokaldemokrati og medverknad i miljø- og berekraftsarbeidet.

Status for gjennomføring av formannskapsprogrammet under Nordisk Ministerråd.

2.3. Arbeide for at OECD integrerer miljøomsyn i arbeidet sitt og utarbeider analysar og retningslinjer som kan fremje ei berekraftig utvikling.

Status for miljøkomiteens arbeid når det gjeld miljøstrategien i OECD.

2.4. Arbeide for at Kommisjonen for berekraftig utvikling (CSD) medverkar til å oppfylle tusenårsmåla og målsetjingane frå Johannesburg-toppmøtet, med spesielt fokus på miljøaspekta.

Status i arbeidet med gjennomføringa av tusenårsmåla.

2.5. Fortsetje arbeidet med å styrkje UNEP politisk og finansielt gjennom oppgradering av UNEP til særorganisasjon på sikt. Få etablert ein styrkt vitskapskapasitet i UNEP og universelt medlemskap i UNEPs styre. Bidra til å operasjonalisere Bali-planen for kapasitetsbygging og teknologioverføring.

Vurdering av UNEPs status i FN-systemet.

3. Noreg skal arbeide for at avtaleverket innafor Verdas handelsorganisasjon (WTO), utviklinga av EU/EØS-regelverket og EFTAs tredjelandsavtaler gir rom for bruk av miljøpolitiske verkemiddel og at omsynet til ei berekraftig utvikling blir teke vare på.

Noreg skal arbeide for at FNs mat- og landbruksorganisasjon (FAO), FNs utviklingsprogram (UNDP), Verdsbanken og Verdsorganisasjonen for immaterialrett (WIPO) meir systematisk tek vare på omsynet til miljø- og berekraftig utvikling.

3.1. Arbeide for at miljøkonsekvensar blir vurderte og miljøomsyn integrerte i handelsforhandlingane og i handelsregelverka.

Status i norske posisjonar i forhandlingane.

Status i det internasjonale arbeidet med handel og miljø i WTO, OECD, UNEP og EFTA/EØS, samt EFTA 3. landsavtaler.

3.2. Arbeide for å integrere omsynet til miljø- og berekraftig utvikling i den ordinære verksemda i relevante multilaterale organisasjonar som ikkje har miljø som hovudfokus.

Status for verksemda i organisasjonane, under dette bruk av miljøkonsekvensvurderingar og spesifikke miljøprogram.

4. Miljøomsyn skal integrerast i norsk utviklingsarbeid. Miljøretta bistand og anna samarbeid med utviklingsland skal medverke til å styrkje miljøvernforvaltninga og betre miljøtilstanden i samarbeidslanda og til å førebyggje globale miljøproblem.

4.1. Arbeide for å styrkje samarbeidslandas institusjonelle evne til god miljøforvaltning og gjennomføring av miljøkonvensjonane.

Miljøforvaltninga yter fagleg støtte til institusjonsoppbygging og oppfølging av konvensjonane på miljøområdet i samarbeidslanda gjennom multilaterale og bilaterale kanalar.

4.2. Arbeide for gjennomgåande integrering av omsynet til miljø i norsk utviklingspolitikk og samarbeid.

Miljøvernforvaltninga bidreg til å realisere handlingsplan for miljø i utviklingsarbeidet.

Miljøvernforvaltninga bidreg til at miljø- og naturressursforvaltning blir prioritert i samarbeidslandas eigne utviklingsstrategiar, gjennom dialog med utviklingsaktørar i Noreg og multilaterale organisasjonar.

4.3. Utvikle vidare miljøsamarbeidet med Indonesia, Kina og Sør-Afrika.

Det bilaterale miljøsamarbeidet vektlegg oppfølging av internasjonale miljøkonvensjonar og kompetansebygging.

4.4. Utvikle vidare det regionale miljøsamarbeidet i Europa innan FNs Økonomiske Kommisjon for Europa med særlig vekt på oppfølging av EECCA-strategien (Eastern Europe, Caucasus and Central Asia).

Status i arbeidet med miljøstrategien for EECCA-landa.

4.5. Medverke til miljøsamarbeid med dei nye medlemslanda i EU i samband med dei nye EØS-finansieringsordningane.

Omfang av miljøprosjekt under ordningane.

Statusbeskriving

Arbeidsmål 1.1. Påverke utforminga av EUs politikk basert på ein brei nasjonal prosess på område av stor betydning for Noreg, for eksempel i høve til klimaendringar, kjemikaliar og genmodifiserte organismar.

Særleg innafor forureiningsområdet har departementet delteke aktivt i Kommisjonens arbeidsgrupper i medhald av EØS-avtala for å påverke nye rettsreglar som blir utarbeidde. Det er lagt til rette for ein brei nasjonal prosess, gjennom tidleg varsling av nytt regelverk og informasjon til allmenta på Internett. Det er etablert ei EU/EØS-referansegruppe om miljødialogen med næringslivet, partane i arbeidslivet, forskingsinstitusjonar og frivillige organisasjonar.

Departementet har òg medverka til å utvikle ein database med notat om EØS-saker (EØS-notatbasen), som på sikt er tenkt opna for allmenta.

Departementet har halde uformelle kontaktar med sentrale aktørar i EU-kommisjonen, Europaparlamentet og EU-medlemslanda omkring saker som er viktige for oss (klimaområdet og kjemikaliepolitikken).

Arbeidsmål 1.2. Sikre at relevante og akseptable EU-rettsakter blir gjennomførte ope og effektivt i det norske lovverket.

Ei rekkje rettsakter på miljøområdet er innlemma i EØS-avtala i 2005. Det er, i denne samanhengen, lagt stor vekt på å sikre ei rask og effektiv gjennomføring i norsk lovverk av EU-rettsakter som blir sett på som relevante og akseptable.

Arbeidsmål 2.1. Medverke til oppfølging av strategien for berekraftig utvikling i Norden og handlingsprogrammet for det nordiske miljøsamarbeidet 2005-2008.

Departementet har medverka til oppfølging av det nordiske miljøhandlingsprogrammet 2005-2008, som er miljøsektorens oppfølging av den nordiske strategien for berekraftig utvikling.

Arbeidsmål 2.2. Gjennomføre norsk formannskap i Nordisk Ministerråd med særleg fokus på miljøproblema i Arktis og lokaldemokrati og medverknad i miljø- og berekraftsarbeidet.

Nytt arbeidsmål i 2006.

Arbeidsmål 2.3. Arbeide for at OECD integrerer miljøomsyn i arbeidet sitt og utarbeider analysar og retningslinjer som kan fremje ei berekraftig utvikling.

Berekraftig utvikling er nedfelt som ei sentral målsetjing for heile OECD-området.

OECD har vedteke ein miljøvernstrategi for perioden 2000-2010 som gir målsetjingar for miljøpolitikken i OECD-landa og nasjonale tiltak for å nå desse. Dei fem overordna målsetjingane er: å halde oppe integriteten i økosystema (f.eks. i klimapolitikken), kople økonomisk vekst vekk frå forverring av miljøet, bruke indikatorar til å måle framsteg og betre grunnlaget for avgjersler, betra livskvalitet, og styrkt internasjonal miljøstyring og samarbeid. På eit høgnivåmøte våren 2005 var eit hovudtema kostnadene ved ikkje å følgje opp målsetjingane i miljøstrategien.

Arbeidsmål 2.4. Arbeide for at Kommisjonen for berekraftig utvikling (CSD) medverkar til oppfylling av tusenårsmåla og målsetjingane frå Johannesburg-toppmøtet, med spesielt fokus på miljøaspekta.

CSD13 (april 2005) gav dei tre tema vatn, sanitær og busetnad eit internasjonalt løft, og sett frå miljøsida er sluttdokumentet positivt. Det går blant anna lenger i å anerkjenne økosystemas betydning for vassressursforvaltning, vassforsyning og sanitær enn tekstane frå Johannesburg-møtet (2002). Det sivile samfunnet var godt integrert i møtet.

Vatn og sanitær har ingen institusjonell «heim» i FN. Det vart semje om ei mellomstatleg oppfølging av vatn og sanitærmåla i CSD i 2008 og 2012. Dette er positivt for å kunne halde oppe presset på måloppnåing og bruk av ressursar på desse områda. For miljøsida er dette ikkje minst viktig med omsyn til målet om integrert vassressursforvaltning.

I perioden 2005-2007 vil klima, energi, industri og luftforureining vere hovudtema for CSD. Dette gir høve til auka merksemd omkring den sentrale utfordringa det er å få til ei energi- og industriutvikling som er mest mogleg berekraftig på globalt nivå. Berekraftig produksjon og forbruk er i tillegg eit gjennomgåande tema i CSD og vil framleis vere eit viktig område for miljøforvaltninga.

Arbeidsmål 2.5. Fortsetje arbeidet for å styrkje UNEP politisk og finansielt gjennom oppgradering av UNEP til særorganisasjon på sikt. Få etablert ein styrkt vitskapskapasitet i UNEP og universelt medlemskap i UNEPs styre. Bidra til å operasjonalisere Bali-planen for kapasitetsbygging og teknologioverføring.

FNs miljøvernprogram UNEP har sentrale funksjonar for overvaking og analyse og tek initiativ til forhandlingsprosessar om miljøvernavtaler. Noreg legg vekt på å styrkje UNEPs rolle som sentral autoritet og premissleverandør i globalt miljøarbeid, og ønskjer at UNEP på sikt skal omdannast til ein særorganisasjon under FN.

Styremøtet i februar 2005 vedtok Bali-strategien for kapasitetsbygging og teknologioverføring som gir UNEP eit grunnlag for å jobbe meir systematisk med gjennomføring av miljømål på landnivå. Dette bringar også IEG-arbeidet (International Environmental Governance) eit steg vidare og vil blir følgt opp bl.a. i debatten rundt organiseringa av den internasjonale miljøforvaltninga. Vidare vil styrking av vitskapskapasiteten og tilstrekkeleg og stabil finansiering vere viktig tema framover.

Miljøverndepartementet er involvert i arbeidet med neste utgåve av UNEPs store 5-årlege rapport, Global Environment Outlook (GEO-4).

Departementet deltek i styringa av det globale miljøfondet (GEF), og har eit særskilt ansvar for å fremje effektivt samvirke mellom GEF og konvensjonane. Viktige oppgåver det næraste året er påfyllingsforhandlingane for GEFs fond samt utvikling av prosjektporteføljen på miljøgifter og farleg avfall.

Arbeidsmål 3.1. Arbeide for at miljøkonsekvensar blir vurderte og miljøomsyn integrerte i handelsforhandlingane og i handelsregelverka.

I forhandlingsrunden i Verdas Handelsorganisasjon (WTO) er miljø eit eige forhandlingstema, under dette forholdet mellom WTO-regelverket og miljøvernavtalene, og det er eit omsyn som skal integrerast i alle forhandlingsområde. I 2005 har departementet arbeidd og delteke aktivt i forhandlingsgruppa for miljø, og i alliansebygging. Arbeidet i forhandlingsgruppa har vore prega av lita framdrift. Under EFTA 3. landsavtalene har det vore viktig å sikre at reglane ikkje avgrensar nasjonale miljøtiltak og verkemiddel.

Arbeidsmål 3.2. Arbeide for å integrere omsynet til miljø og berekraftig utvikling i den ordinære verksemda til relevante multilaterale organisasjonar som ikkje har miljø som hovudfokus.

Verksemda i organisasjonar som FAO, UNDP, Verdsbanken mfl. kan ha betydelege effektar for miljøtilstanden. Eigne miljøsatsingar og konsekvensvurdering av ordinær verksemd vil vere viktige tiltak for at organisasjonane skal bidra til berekraftig utvikling. Noreg har dei seinare åra medverka konstruktivt til arbeidet med eit godt forvaltningsregime for genetiske ressursar i bl.a. FAO. Arbeidet som no er sett i gang med eit globalt sikringslager for landbruksfrø på Svalbard, der Utanriksdepartementet, Landbruks- og matdepartementet og Miljøverndepartementet er involverte, er ei viktig oppfølging av dette. Noreg bidrar til eit fokus på berekraftig utvikling i Verdsbanken, bl.a. gjennom det norskfinske fondet for miljømessig og sosialt berekraftig utvikling. Generelt vil departementet arbeide for at det er samanheng mellom arbeidet i dei multilaterale organisasjonane og prioriteringane i miljøkonvensjonane.

Arbeidsmål 4.1. Arbeide for å styrkje samarbeidslandas institusjonelle evne til god miljøforvaltning og gjennomføring av miljøkonvensjonene.

Nytt arbeidsmål i 2006.

Arbeidsmål 4.2. Arbeide for gjennomgåande integrering av omsynet til miljø i norsk utviklingspolitikk og samarbeid.

Miljøverndepartementet har arbeidd med oppfølging av St.meld. nr. 35 på miljøområdet, og gitt innspel til Utanriksdepartementet til revidert miljøstrategi og handlingsplan for miljø i utviklingssamarbeidet. Miljøforvaltinga har òg arbeidd med integrasjon av miljø i utviklingssamarbeidet på prioriterte sektorar, og med å spisse miljøforvaltingas rolle i utviklingssamarbeidet.

Arbeidsmål 4.3. Vidareutvikle miljøsamarbeidet med Indonesia, Kina og Sør-Afrika.

I miljøsamarbeidet med Indonesia har det vore arbeidd med kompetansebygging og institusjonsutvikling innan skogforvalting og kystsoneforvaltning. Det vart gjennomført ei evaluering av miljøsamarbeidet i 2004.

I miljøsamarbeidet med Kina er fleire større pilotprosjekt avslutta i 2005. Blant desse er overvaking og måling av effektar av sur nedbør i enkelte større byar, plan for overvaking av forureining i kolprovinsen Shanxi, utvikling av nasjonal klimastrategi, og fremjing av energieffektivisering og kulturminnesamarbeid. Resultata er presenterte i seminar med formål å bidra til utvikling av miljøstyresmaktenes arbeid. Nye fleirårlige program og prosjekt er starta, med vekt på institusjonssamarbeid. Norsk forvaltning er involvert i utvikling av miljøforvaltninga i Guizhou-provinsen, bevaring av biologisk mangfald i og omkring innsjøen Dongting og samarbeid om grønt BNP.

I Sør-Afrika blir det pågåande femårsprogrammet avslutta og avtale for ny programperiode blir utarbeidd. Ei intensjonsavtale om vidare samarbeid vart underteikna mellom miljøvernministrane i februar i år. I 2005 blir ferdigstilt blant anna program for miljøovervaking og utvikling av styresmaktenes kapasitet for å handtere luftforureining i hamnebyen Durban, utviklinga av regelverk for konsekvensanalysar og etablering av sentralt miljøinformasjonssystem.

Arbeidsmål 4.4. Utvikle vidare det regionale miljøsamarbeidet i Europa, innan FNs økonomiske kommisjon for Europa med spesiell vekt på EECCA-strategien (Eastern Europe, Caucasus and Central Asia).

Miljøverndepartementet har i samarbeid med Utanriksdepartementet følgt opp arbeidet med miljøstrategien for EECCA-landa bl.a. ved å støtte fleire vassprosjekt i regionen, særleg i Sentral-Asia. Det gjeld blant anna ein integrert vassressursplan i Kasakhstan og eit anlegg for drikkevatn i Tadsjikistan. Ein støttar også fleire tiltak for å bevare biologisk mangfald, bl.a. eit prosjekt i grenseområdet mellom Georgia og Aserbajdsjan for å bevare særskilt verdifull skog.

Arbeidsmål 4.5. Medverke til miljøsamarbeid med dei nye medlemslanda i EU i samband med dei nye EØS-finansieringsordningane.

Miljø er eit av satsingsområda i dei nye EØS-finansieringsordningane. Miljøverndepartementet har etablert uformell kontakt med miljøforvaltninga i mottakarlanda om miljøinnhaldet i avtalane og om mogleg prosjektsamarbeid.

Verkemiddel

Resultatområde 8 – under områda internasjonalt miljøvernsamarbeid blir hovudsakleg finansiert over kap. 1400 og 1410. Midlar til arbeidet innafor EECCA-landa, bistand og støtte til u-lands-deltaking på viktige miljømøte blir betalt av Utanriksdepartementet.

EU/EØS-området er møte med EU-formannskap og med sentrale EU-land, Nordisk Ministerråd og nordiske «frukostmøte» i framkant av miljøvernministermøta i EU dei sentrale verkemidla på politisk plan.

Noreg deltek òg i EU-møte på departementsrådsnivå (EPRG) og i meir enn 50 ekspertgrupper på miljøområdet for å påverke utforming av EUs miljøpolitikk.

For Noreg er det nordiske samarbeidet særleg viktig både på politisk nivå, embetsmanns- og ekspertplan for å få betre gjennomslag i miljøarbeidet i EU, i internasjonale organisasjonar og internasjonalt miljøsamarbeid. På sentrale område som hav, vatn og kjemikaliar har Noreg gjennom det tette ekspertsamarbeidet i nordisk regi fått høve til å påverke det internasjonale regelverket i ei grad som ville ha vore vanskeleg for Noreg aleine. Under vårt formannskap i Nordisk Ministerråd i 2006 er dette område som vi vil ha spesiell fokus på i tillegg til arktis og lokaldemokrati og medverking i miljø- og berekraftarbeidet.

Det vidare arbeidet i OECD med fråkopling av miljøpåverknad frå økonomisk vekst er viktig for Noreg. Noreg vil bidra i arbeidet med utvikling av ein strategisk visjon for OECDs miljøprogram gjennom aktiv deltaking i OECDs miljøkomité og organisasjonens arbeidsgrupper.

Departementet vil delta aktivt i forhold til forhandlingsmøte i WTO, for å få til ei forhandlingsløysing som sikrar fleksibilitet for verkemiddelbruk i miljøvernpolitikken, og fortsett sidestilling mellom miljøvernavtalene og WTO-regelverket. I arbeidet med EFTAs 3. landsavtaler vil det gjennom deltaking i interdepartementale arbeidsgrupper bli arbeidd for å sikre rom for nasjonal verkemiddelbruk innan miljøpolitikken og at avtalene bidrar til berekraftig utvikling. Regjeringa vil arbeide for styrkt miljøintegrasjon i Verdsbanken, UNESCO, UNDP, FAO, WHO og andre, gjennom styrande organ og andre former for samarbeid.

Regjeringa vil følgje opp arbeidet med ei FN-reform på miljøområdet. Ein vil særleg leggje vekt på å utvikle mekanismar som sikrar FN ei meir effektiv og heilskapleg tilnærming til miljøvern, bl.a. gjennom vidare å styrkje UNEPs rolle som sentral FN-autoritet innan miljøspørsmål. Deltaking i UNEPs Governing Council og norsk miljøråd i Nairobi er òg viktige verkemiddel.

Regjeringa vil fortsetje å arbeide for eit meir handlingsretta CSD (Kommisjonen for berekraftig utvikling) der landa, internasjonale organisasjonar og det sivile samfunnet samarbeider om oppfølging av berekraftig utvikling og FNs tusenårsmål.

Det globale miljøfondet (GEF) finansierer dei globale miljøavtalene. GEF vart oppretta for å dekkje tilleggskostnadene ved tiltak som gir globale miljøfordelar innafor områda vern av biologisk mangfald, klima, ozon, internasjonale vasspørsmål, miljøgifter, ørkenspreiing og avskoging. Ut frå departementet sitt hovudansvar for dei globale miljøkonvensjonane deltek vi aktivt saman med Utanriksdepartementet i GEFs styrearbeid å søkje å sikre best mogleg samverknad mellom konvensjonane og finansieringsmekanismen.

Miljøbistand er eit sentralt verkemiddel for å støtte opp om utviklingslanda når det gjeld å gjennomføre nasjonale og internasjonale miljøforpliktingar og til å følgje opp målet om betydeleg reduksjon i tap av biologisk mangfald innan 2010, tusenårsmåla og handlingsplanen frå Johannesburg.

Miljøverndepartementet vil bistå Utanriksdepartementet med sluttføring og iverksetjing av revidert miljøstrategi og handlingsplan for miljø i utviklingssamarbeidet. Ei betre forvaltning av miljø og biologisk mangfald i utviklingsland vil førebyggje og avgrense naturkatastrofar, miljøskadar og konfliktar som rammer dei fattigaste hardast. Departementet vil arbeide for at samarbeidslandas miljøforvaltning tek utgangspunkt i prinsippa for ei økosystembasert forvaltning. Gjennom dei bilaterale miljøavtalene mellom Noreg og respektive Kina, Sør-Afrika og Indonesia har styresmaktene ein open miljødialog blant anna i forhold til iverksetjing av dei internasjonale miljøkonvensjonane. Miljøverndepartementet vil vidareutvikle konvensjonanes potensial som reiskap for å redusere fattigdom. Det vil òg bli lagt vekt på å vise kva økosystemtenester og lokal forvaltning av naturressursane kan bety for å betre levekåra for dei fattigaste. Det blir òg samarbeidd om ei rekkje bilaterale prosjekt der ein vektlegg at prosjekta skal føre til auka kapasitet i miljøforvaltninga i samarbeidslanda og involvere norsk forvaltning i institusjonssamarbeid.

Miljøsamarbeidet i Indonesia skal knytast tettare opp til strategiske initiativ på ulovleg hogst og eksport av tømmer, og marin- og kystforvaltning. Miljøsamarbeidet med Kina skal leggje vekt på å redusere klimagassar, bevare biologisk mangfald, redusere og forsvarleg handtere miljøgifter, redusere luftforureining, og reint vatn. Det vil òg bli lagt vekt på deltaking frå privat næringsliv og å fremje norsk miljøteknologi. Det er vedteke at miljøvern skal vere eit av hovudområda for samarbeidet med Sør-Afrika dei neste 5 åra. Hovudsakleg vil det vere samarbeid om å redusere forureining, med vekt på avfall, luftforureining og miljøgifter og bevaring av biologisk mangfald. Det vil bli lagt auka vekt på miljøvern i Noregs samarbeid med Zambia. Hovudsakleg vil det vere snakk om økologisk overvaking, institusjonsutvikling og lokal forvaltning av naturressursane.

Ei langsiktig oppbygging av miljøvernforvaltninga i landa på Balkan og dei såkalla EECCA-landa (Eastern Europa, Caucasus and Central Asia) er ei viktig oppgåve for å oppnå miljøforbetringar. Hausten 2005 skal ministrane i EECCA-landa og ein del vestlege land møtast i Armenia og vurdere kor langt ein har kome i å oppfylle miljøstrategien for EECCA-landa og målsetjingane for vass- og sanitærtiltak frå toppmøtet i Johannesburg. Dessutan skal ein drøfte korleis privat sektor kan medverke til å finansiere vass- og sanitærprosjekt.

Noreg vil dei neste åra yte store ressursar til dei nye EØS-finansieringsordningane, som skal fremje økonomisk og sosial utvikling i det utvida EU. Tiltak som betrar miljøet er eit prioritert område i ordninga, og Miljøverndepartementet samarbeider aktivt med Utanriksdepartementet om å tilretteleggje ordninga.

14.2 Miljøvern i nord- og polarområda

Definisjon og avgrensing

Resultatområdet omfattar arbeidet med miljøutfordringane på Svalbard, Jan Mayen, i Barentshavet, i Arktis elles og Antarktis med biland, medrekna det bilaterale samarbeidet med Russland. Det omfattar òg arbeid innafor relevante fora som Arktisk Råd og Barentssamarbeidet. Resultatområdet omfattar i tillegg arbeidet med å førebyggje og redusere utslepp og risiko for framtidige ulykker som kan medføre radioaktiv forureining som kan påverke naturmiljøet.

Strategiske mål

Noreg skal, gjennom internasjonalt samarbeid, medverke til at miljøsituasjonen blir betra i Noregs nærområde i nord og i den arktiske region. Det overordna målet er å sikre ei berekraftig utvikling i desse områda. Dette inneber at dei store, samanhengande villmarksområda på Svalbard og i Antarktis, saman med kulturminna, skal sikrast mot vesentlege inngrep og påverknader. Svalbard skal framstå som eit av dei best forvalta villmarksområda i verda, og busetjingane skal drivast på ein miljøforsvarleg måte for å sikre miljø og trivsel. Noreg skal arbeide for at dei nordlege havområda blir tekne vare på som nokon av dei reinaste i verda, og bidra til at ressursutnyttinga skjer innafor rammer som sikrar at det biologiske mangfaldet blir teke vare på, blant anna gjennom strenge miljøkrav og høge standardar for all aktivitet i området. Noreg skal bidra til å redusere utslepp og risiko for utslepp av radioaktive stoff som kan føre til forureining av norsk miljø.

Nasjonale resultatmål, miljøvernforvaltningas arbeidsmål, resultatindikatorar og statusbeskriving

Tabell 14.2 Mål- og indikatortabell for resultatområde 8 underområde Miljøvern i nord- og polarområda

Nasjonale mål

Miljøvernforvaltningas arbeidsmål

Miljøvernforvaltningas resultatindikatorar

5. Samarbeidet i Norden, i Noreg sine nærområde og i den arktiske regionen skal medverke til å betre miljøsituasjonen og sikre natur- og kulturminne-verdiane i desse områda, og til å redusere og førebyggje grenseoverskridande forureining som kan påverke miljø, helse og næringsverksemd i Noreg.

5.1. Medverke til å betre miljøsituasjonen i Noregs nærområde i Barentsregionen og i den arktiske regionen.

Aktivitetar som er sette i gang i arbeidsgrupper og program under Arktisk Råd på områda klima, miljøgifter og biologisk mangfald. Omfang av lokalt og regionalt samarbeid.

Aktivitetar og prosjekt som er sette i gang under den norskrussiske miljøvern-kommisjonen på områda biologisk mangfald, vern av kulturminne og grensenært samarbeid.

6. Samarbeid skal medverke til å setje styresmakter og næringsliv i Russland betre i stand til å få forsvarleg kontroll over eigne miljøproblem, og til å integrere miljøvernforvaltninga i Russland i internasjonalt og regionalt samarbeid.

6.1. Fremje miljøinvesteringar i Nordvest-Russland.

Reduksjon i utslepp frå nikkelverket i Petsjenga.

Talet på prosjekt i Nordvest-Russland med økonomisk støtte frå NEFCO og NIB og talet på prosjekt med norsk samarbeidspartnar.

6.2. Styrkje miljøkompetansen i russisk forvaltning og industri.

Økonomisk og miljømessig vinst i bedrifter som har gjennomført Program for Reinare Produksjon.

Russisk forvaltnings tilrettelegging for meir berekraftig produksjon og forbruk.

7. Utnytting av ressursane i våre nære arktiske havområde skal ikkje føre til at arter eller bestandar blir truga eller utrydda. Bestandar av arter som i dag er rekna som truga eller på annan måte er negativt påverka av arealbruk, hausting og/eller forureining skal bevarast og om mogleg byggjast opp att.

7.1. Styrkje samarbeidet om vern og forvaltning av Barentshavet.

Grad av felles problemforståing og felles fagleg tilnærming til miljøutfordringane i Barentshavet.

Grad av tilnærming til norske krav til regulering og forureiningskontroll for å beskytte havmiljøet.

Russisk tilslutning til OSPAR-standardar.

7.2. Avgrense den menneskelege påverknaden på bestandsutviklinga hos utvalde arter på Svalbard.

Bestandsstatus for utvalde arter.

Talet på arter som har endra status på raudlista for Svalbard og Jan Mayen.

8. Omfanget av samanhengande villmarksområde på Svalbard skal søkjast oppretthalde. Eit representativt utval av natur på Svalbard skal sikrast mot vesentlege inngrep og påverknad gjennom særskilde vernevedtak. Viktige marine naturverdiar rundt Svalbard skal sikrast.

8.1. Styrkje områdevernet på Svalbard og bevare omfanget av villmarksprega naturområde utanfor verneområda.

Omfanget av urørt villmark på Svalbard.

Fråvær av gjennomgåande «linjeinngrep».

Områdevernet sin representativitet og vernestatus.

Talet på verneområde der vernevedtektene er oppgraderte.

Omfanget av område med vernestatus.

9. Eit representativt utval av kulturminne på Svalbard og Jan Mayen skal søkjast bevart som eit vitskapeleg kjeldemateriale og eit grunnlag for opplevingar for framtidige generasjonar. Tapet av kulturminne som følgje av menneskeleg verksemd skal i gjennomsnitt ikkje overstige 0,1 pst. årleg.

9.1. Avgrense menneskelege skadeverknader på og bevare kulturminne og kulturmiljøet.

Talet på og omfang av registrerte kulturminne og kulturmiljø.

Gjennomsnittleg årleg tap av kulturminne i pst.

Gjennomføring av tiltak i medhald av kulturminneplanen for Svalbard og miljøhandlingsplanen for Jan Mayen innan 2006.

10. Transport og ferdsel på Svalbard skal ikkje medføre vesentlege eller varige skadar på vegetasjonen eller forstyrre dyrelivet. Høvet til å oppleve naturen uforstyrra av motorisert ferdsel skal sikrast òg i område som er lett tilgjengelege frå busetnadene.

10.1. Styre ferdsla på Svalbard.

Omfanget av motorisert ferdsel på Svalbard.

Geografisk utstrekning av snøskuterfrie område.

Ferdselsslitasje i utvalde område.

11. Samarbeid med russiske styresmakter skal bidra til å redusere risikoen for radioaktiv forureining av norske land- og sjøområde for å unngå moglege konsekvensar for helse, miljø og næringsverksemd.

11.1. Redusere faren for radioaktiv forureining av miljøet frå avfallslager, nukleære anlegg og transport av radioaktivt materiale i Noregs nærområde.

Gjennomførte felles norskrussiske seminar/kurs om utgreiing av miljøkonsekvensar.

Gjennomførte tryggingstiltak.

Atomtryggleiks- og avfallssituasjonen i Nordvest-Russland.

Status og planar for transport av radioaktivt materiale langs norskekysten.

12. Utslepp av radioaktive stoff frå nasjonale kjelder skal avgrensast til nivå som ikkje påverkar naturmiljøet.

12.1. Arbeide for reduksjon og stans i utsleppa gjennom kontaktar med involverte land og samarbeid innafor relevante internasjonale fora.

Resultat frå overvakingsprogrammet.

12.2. Arbeide for reduksjon av utslepp av produsert vatn frå oljesektoren.

Resultat av prosessen rundt oljeselskapas søknader til Statens strålevern om utsleppsløyve.

13. Tiltak skal gjennomførast der historisk forureining er identifisert, slik at inga folkegruppe overskrir anbefalte stråledosegrenser som følgje av konsum av naturprodukt eller ved opphald i friområde.

13.1. Kartlegge kjeldene og redusere utsleppa til nivå som ikkje påverkar naturmiljøet.

Samla utslepp av radioaktive stoff frå nasjonale kjelder.

Statusbeskriving

Arbeidsmål 5.1. Medverke til å betre miljøsituasjonen i Noregs nærområde i Barentsregionen og i den arktiske regionen.

Noreg deltok aktivt i Arktisk Råd, og vil overta formannskapet etter Russland i 2006. Ein viktig rapport, «Arctic Climate Impact Assessment» (ACIA-rapporten) vart lagt fram under ministermøtet i Island i november 2004. Noreg finansierer storparten av sekretariatet til Arktisk Råds miljøovervakingsprogram (AMAP) og bidrar aktivt i overvakingsprosjekta under dette programmet. Noreg deltek òg i prosjektsamarbeidet under ACAP (Action Plan to Eliminate Pollution in the Arctic) som har som hovudmål å redusere faren for forureining av miljøgifter i Arktis. Noreg er ein viktig pådrivar og bidragsytar til eit større prosjekt i Russland under Arktisk råds program for bevaring av arktisk flora og fauna (CAFF), knytt til økosystemtilnærming og bevaring av biologisk mangfald i det nordlege Russland (ECORA). Hovudfinansieringa kjem her frå Den globale miljøfasiliteten (GEF), men det er òg store bidrag frå Noreg og nokre andre arktiske land.

Saman med lokalt og regionalt miljøvernsamarbeid i Barentsregionen utgjer arbeidet under den bilaterale miljøvernkommisjonen det viktigaste bidraget frå norsk side til Barentssamarbeidet på miljøområdet (jf. arbeidsmål 6). Etter det 11. møtet i Den norskrussiske miljøvernkommisjon står havmiljøsamarbeidet fram som det høgst prioriterte, jf. Omtale av arbeidsmål 7.1 nedanfor. Andre sentrale samarbeidsområde er det grensenære miljøsamarbeidet, vern av biologisk mangfald og natur- og kulturforvaltning i Kenozero nasjonalpark. Programmet Reinare Produksjon og samarbeid på klima- og energiområdet er òg høgt prioritert. Det regionale miljøvernsamarbeidet mellom Finnmark fylke og Murmansk fylke rapporterer òg til miljøvernkommisjonen. Vidare er det eit nordisk samarbeid om prosjekt knytte til vern av område i Barentsregionen. Det blir lagt stor vekt på å stimulere og styrkje det regionale og lokale folk til folk-samarbeidet, under dette samarbeid mellom urfolk.

Arbeidet med oppfølginga av den nordiske handlingsplanen for vern av natur- og kulturminne i Arktis (Grønland, Island og Svalbard) er vidareført. Fleire prosjekt vart avslutta i 2004 og resultata er blitt gjort kjent gjennom rapportar og via Internett. I alt er 10 prosjekt sett i gang og alle vil vere avslutta i løpet av 2005.

Arbeidsmål 6.1. Fremje miljøinvesteringar i Nordvest-Russland.

Moderniseringsprosjektet for nikkelverket kom i gang i 2002. Prosjektet har blitt seinka med om lag 2 år i forhold til ferdigstilling som tidlegare var planlagt innan utgangen av 2006. I følgje NIB vil ikkje dette påverke utsleppsreduksjonane. Når moderniseringa er fullført i 2008 vil utsleppa av SO2 og tungmetall til luft vere reduserte med minst 90 pst.

Nordic Environmental Finance Corporation (NEFCO) er ein sentral samarbeidspartnar når det gjeld miljøprosjekt i Nordens nærområde, og har medverka til fleire miljøprosjekt i Russland og land rundt Austersjøen, bl.a. energiøkonomisering, overgang til bioenergi, og innsamling og destruksjon av miljøgifta PCB. Norske konsulentar og bedrifter medverkar i fleire av desse prosjekta.

Arbeidsmål 6.2. Styrkje miljøkompetansen i russisk forvaltning og industri.

Dei fleste store industrikombinata i Barentsregionen har delteke i program for Reinare Produksjon. Fleire investeringsprosjekt blir førte vidare under NEFCO-fondet for reinare produksjon. Opplæring etter miljøsertifiseringssystemet ISO 14001 med sikte på sertifisering er vidareført ved to bedrifter. I denne perioden har meir enn 1600 ingeniørar i over 500 bedrifter i Nordvest-Russland fått opplæring i rein produksjon, miljøleiing og bedriftsøkonomi. Dette vart bl.a. markert under ein internasjonal konferanse i Moskva om reinare produksjon som verkemiddel for å fremje berekraftig utvikling. Under konferansen dokumenterte ei rekkje bedrifter som har gjennomført programmet betydeleg miljø- og økonomiske gevinstar, og oppfordra russiske styresmakter til å bidra til å spreie programmet til andre delar av Russland.

Arbeidsmål 7.1. Styrkje samarbeidet om vern og forvaltning av Barentshavet.

For Barentshavet vil framtidig utvikling når det gjeld utnytting av naturressursar i russisk farvatn og på russisk sokkel vere viktig. Transporten av oljeprodukt frå russisk side langs norskekysten har auka betydeleg frå våren 2002 og har dei siste par åra halde seg på ca. 25 transportar pr. månad. Gjennomsnittleg lastemengd pr. fartøy aukar. Denne transporten kjem frå produksjonen på land. Samtidig skjer det ein auke i olje- og gassleiting på russisk sokkel, mens produksjon på norsk sokkel frå Snøkvit-feltet snart er i gang. Det norskrussiske miljøvernsamarbeidet blir nytta som ein kanal til å skaffe og kvalitetssikre russiske data til bruk i arbeidet med den heilskaplege forvaltningsplanen for norsk del av Barentshavet, jf. verkemiddelomtalen under resultatområde 4. I den nye havmiljøgruppa under Den norskrussiske miljøvernkommisjonen vil det bli lagt hovudvekt på samarbeid om fagleg grunnlag for forvaltning av Barentshavet, miljøovervaking og miljødatasamarbeid, vern og forvaltning av biologisk mangfald og regulering og forureiningskontroll.

Arbeidsmål 7.2. Avgrense den menneskelege påverknaden på bestandsutviklinga hos utvalde arter på Svalbard.

Det er ikkje påvist at den svært avgrensa haustinga av svalbardrein, polarrev og svalbardrype påverkar bestandane. Bestandane av kvitkinngås, kortnebbgås og ringgås har auka i tal sidan 1980, men har no flata ut for kvitkinn- og kortnebbgås. Bestanden av ringgås er svært liten i forhold til det ein meiner den var for 50-100 år sidan, og det er usikkert om den er levedyktig.

Svalbardrøye er frå tidlegare kraftig nedfiska i fleire av vassdraga på Svalbard, og det er dokumentert at også dagens garnfiske har negativ påverknad på bestandsstrukturen i enkelte vassdrag. Det er i 2005 teke initiativ til å vurdere ytterlegare tiltak for å hindre at fiske påverkar bestandane av svalbardrøye negativt.

Transporten av fleire forureiningsstoff gjennom luft til Svalbard synest å vere redusert dei seinare åra, og det er påvist nedgang i svoveldioksid- og sulfatkonsentrasjonane. Dette speglar godt reduksjonen i utslepp i Europa. Det er grunn til å tru at tolegrensa no blir overskriden på mindre enn 5 pst. av det isfrie landarealet på øygruppa.

PCB målt i luft i Ny-Ålesund er redusert eller har vore konstant dei 5-10 siste åra. Tendensen samsvarer godt med det ein elles finn i Arktis. Undersøkingar viser likevel at PCB-nivået i arter som isbjørn, sel og polarmåse ved Svalbard framleis er blant dei høgste i Arktis. Miljøgifta deka-BDE, som er ein av rundt 70 bromerte flammehemmarar, er no funne i isbjørn og polarmåse i Arktis. Funna er oppsiktsvekkande fordi ein ikkje har trudd at stoffet kunne langtransporterast.

Arbeidsmål 8.1. Styrkje områdevernet på Svalbard og bevare omfanget av villmarksprega naturområde utanfor verneområda.

I 2005 vart Widjefjorden nasjonalpark oppretta. Med dette er Stortingets føresetnader oppnådd, nemlig å sikre at alle kjende naturtypar skal være representert innanfor verneområda på Svalbard. Dei nye verneområda omfattar til saman 5194 km2, eller 9 pst. av øygruppas areal.

Arbeidsmål 9.1. Avgrense menneskelege skadeverknader på og bevare kulturminne og kulturmiljøet.

Det er gjennomført tiltak for å bevare kulturminne som stod i fare for å bli øydelagde bl.a. på grunn av aukande ferdsel. Det er òg sett i verk utvida vern av enkelte kulturminne som er sterkt utsette for slitasje.

Det vart i 2005 utarbeidd ei oversikt over område med kulturminne der det skal innførast restriksjonar på ferdsel for å hindre negativ påverknad.

Arbeidsmål 10.1. Styre ferdsla på Svalbard.

Styresmaktene vil følje nøye med når det gjeld turisttrafikken som spreier seg til stadig nye område, for å sikre at det ikkje medfører skade på naturen og kulturminna. Styresmaktene vil òg følgje nøye med når det gjeld motorisert ferdsel slik at dette ikkje skadar naturen og øydelegg tilgangen til uforstyrra naturopplevingar for andre.

Ferdsla blir regulert gjennom ei eiga forskrift slik at den ikkje reduserer omfanget og kvaliteten på villmarksområda. Det er òg lagt vekt på å sikre at ferdsel i dei villmarksprega områda i dag ikkje øydelegg eller reduserer kulturminna på lengre sikt. Det er sett i gang overvaking av den motoriserte ferdsla.

Det vart i 2005 utarbeidd forslag til verkemiddel for betre styring av ferdsla på Svalbard knytt til turismen og cruiseturismen spesielt.

Arbeidsmål 11.1. Redusere faren for radioaktiv forureining av miljøet frå avfallslager, nukleære anlegg og transport av radioaktivt materiale i Noregs nærområde.

Noreg har dei seinaste åra vektlagt samarbeid med og støtte til russiske tilsynsstyresmakter i arbeidet med radioaktivitet i Nordvest-Russland. Noreg legg vekt på at miljøkonsekvensvurderingar må vere gjennomførte før ulike tiltak blir sette i verk, og at arbeidet blir planlagt på ei slik måte at risikoen for ulykker blir så liten som råd er. I samband med fjerning av brukt brensel frå ubåtar og dei marine basane er det viktig å vurdere korleis dette brenselet blir teke hand om i etterkant, og kva for utslepp dette medfører ved behandling i Majak. Noreg har teke initiativ til ei nærare undersøking rundt dette, men det har så langt ikkje vore råd å få til dette.

Det har vore stor internasjonal interesse rundt samarbeidet mellom norske og russiske styresmakter. Noreg var i 2004 med på å arrangere eit NATO-seminar som fokuserte på miljøkonsekvensvurderingar i samband med opprydningstiltak. I etterkant har land som Storbritannia, Canada og Frankrike ønskt å bidra i det norskrussiske styresmaktsamarbeidet.

Eit norsk forslag til overvakingsprogram for radioaktivitet i nordlege havområde er utarbeidd og godt motteke av russiske ekspertar. Gjennom utveksling av måledata, samarbeid om analysar og kvalitetssikring og gjennomføring av felles feltarbeid på både norsk og russisk side, skal ein sikre seg betre informasjon om radioaktiv forureining i dei nordlege havområda. Samarbeidet skal òg medverke til auka kunnskap om tilstanden til dumpa eller sokne ubåtar og reaktorar med kjernebrensel i desse områda.

Initiativ om mogleg transport av kjernebrensel og radioaktivt avfall mellom europeiske reprosesseringsanlegg og kjernekraftverk i Japan via den nordlege sjøruta og norske farvatn blir følgde nøye. Noreg vil arbeide for at det internasjonale regelverket om transport av radioaktivt avfall blir styrkt.

Arbeidsmål 12.1. Arbeide for reduksjon og stans i utsleppa gjennom kontaktar med involverte land og samarbeid innafor relevante internasjonale fora.

Samarbeidsregjeringa gav høy prioritet til å få redusert utsleppa frå reprosesseringsanlegget i Sellafield, og i april 2004 vedtok britane å redusere sine technetium-99-utslepp frå Sellafield-anlegget med 90 pst., noko som er i tråd med krav frå både Noreg, dei andre nordiske landa og Irland.

Ved Sellafield er det lagra store mengder flytande radioaktivt material som òg kan forureine norske område om det skulle skje ei ulykke ved anlegget. Lekkasjen av høgaktivt material som vart oppdaga i april 2005 førde ikkje til forureining av miljøet, men gir grunn til bekymring for tryggleiken, og er ei påminning om den risikoen anlegga i Sellafield representerer. Regjeringa har derfor teke til orde for styrkt uavhengig kontroll og inspeksjon av anlegget, og har foreslått ein revisjon av den avtalen Noreg har med Storbritannia om varsling av atomulykker, slik at den òg femner slike hendingar som denne lekkasjen. Regjeringa vil òg fortsetje sitt aktive arbeid innafor OSPAR med desse spørsmåla.

Arbeidsmål 12.2. Arbeide for reduksjon av utslepp av produsert vatn frå oljesektoren.

Nytt arbeidsmål i 2006.

Arbeidsmål 13.1. Kartleggje kjeldene og redusere utsleppa til nivå som ikkje påverkar naturmiljøet.

Gjennom det nasjonale overvakingsprogrammet for radioaktiv forureining vil norske styresmakter halde seg fortløpande orienterte om den radioaktive forureininga av norske land- og sjøområde. I tillegg til forureining utanfrå, omfattar programmet samtidig utslepp av radioaktive stoff frå nasjonale kjelder. Dette arbeidet har så langt vore fokusert på utslepp frå dei nukleære anlegga i Halden og på Kjeller, og bruk av opne radioaktive kjelder ved sjukehus, oljeindustri og forskingsaktivitetar. Overvakingsprogrammet vil bli ført vidare i 2006. Utsleppa av naturleg førekommande radioaktive stoff oppløyst i produsert vatn frå norsk sokkel vart nylig kartlagt. Utsleppa er lågare enn tidlegare overslag gitt i EU-rapporten frå MARINA II-studien, men representerer likevel ei betydeleg kjelde i det marine miljø. Modellsimulering av utslepp frå norsk sektor indikerer at utslepp av produsert vatn må reduserast for å oppfylle OSPAR-strategien for radioaktivitet. Noreg skal frå 2005, saman med bl.a. Storbritannia og Nederland, rapportere utslepp frå denne sektoren til OSPAR.

Verkemiddel

Finansieringa av resultatområde 8, underområde miljøvern i nord og polarområda, blir dekt over Norsk Polarinstitutts budsjettramme, jf. kap. 1471 og kap. 1472 – Svalbards miljøvernfond. Kap. 1400 inneheld òg budsjettmidlar som skal medverke til finansieringa av dette resultatområdet i 2006, blant anna blir det gitt tilskot til sekretariatsutgifter til «Artic Monitoring and Assessment program» (AMAP). Radioaktiv forureining er i hovudsak dekt over kap. 1410 og dekkjer bl.a. vidareføring av overvakingsprogrammet for radioaktivitet langs norskekysten og eit terrestrisk overvakingsprogram. Midlar til prosjektsamarbeid med Russland kjem frå kap. 0197 post 70 – Tilskot til atomtryggleikstiltak og samarbeidsprogrammet med Sentral- og Aust-Europa over Utanriksdepartementets budsjett.

Prosjektsamarbeidet med Russland, støtte til NEFCOs miljøutviklingsfond, til prosjekt under Arktisk råd og til NGO-samarbeidet med Russland blir finansiert over Utanriksdepartementets budsjett. Årleg løyving til NEFCOs grunnkapital er delt mellom Miljøverndepartementet (73 pst.) og Utanriksdepartementet (27 pst.). Noreg stiller til rådvelde eit tilskot på inntil 270 mill. kroner til moderniseringsprosjektet for nikkelverket i Petsjenga. Tilskotet blir administrert av Nordisk Investeringsbank, NIB. Norilsk Nikel låner tilsvarande beløp av NIB og medverkar med resterande 1/3 i eigenkapital. Sverige medverkar med 3 mill. USD i tilskot. Det er avtalt å samarbeide med miljøvernforvaltninga i Russland om overvaking av miljøverknadene av prosjektet.

Miljøvernavtala og prosjektmidlane frå UD er viktige verkemiddel i miljøvernsamarbeidet med Russland. Arbeidet er leia av ein bilateral kommisjon på politisk nivå. Den nyetablerte havmiljøgruppa under Den norskrussiske miljøvernkommisjonen blir eit viktig verkemiddel for samarbeidet om miljøutviklinga i Barentshavet. Informasjonsformidling i og om nordområda er eit viktig verkemiddel der Svanhovd miljøsenter har ei sentral rolle.

Eit viktig verkemiddel for miljøvernforvaltninga på Svalbard er den nye miljøvernlova med tilhøyrande forskrifter som tok til å gjelde 1. juli 2002. Lova set klare rammer for all verksemd på øygruppa, og gir eit godt grunnlag for eit omfattande vern av natur og kulturminne på Svalbard, samtidig som det innafor ramma av lova er gitt rom for miljøforsvarleg busetjing, forsking og næringsdrift.

Svalbardmiljølova føreset oppretting av Svalbards miljøvernfond som ein tek sikte på å etablere i 2006. Fondet skal medverke til å sikre at Svalbards særprega villmarksnatur blir verna som grunnlag for oppleving, kunnskap og verdiskaping. Fondet vil i utgangspunktet vere sett saman av midlar frå eit gebyr for tilreisande til Svalbard og av midlar innkravde gjennom eit gebyr for kort og felling i samband med hausting. Vidare vil flora og fauna som er handtert i strid med lova, eller verdien av dette, miljøerstatning fastsett av Sysselmannen og tvangsmulkt tilfalle fondet. Midlane skal brukast til tiltak som har til føremål å verne miljøet på Svalbard, bl.a. kartlegging, overvaking og gjenoppretting av miljøtilstanden, skjøtsel og informasjons- og opplæringstiltak.

Svalbardmiljølova har ein heimel til å gi forskrift om at den som besøker Svalbard skal betale eit gebyr der midlane skal gå inn i Svalbard miljøvernfond. Gebyret skal ikkje påleggjast fastbuande på Svalbard. Departementet gjer framlegg om eit gebyr på kr 150 pr. person pr. innreise som vil gi om lag 6 mill. kroner i inntekter til fondet årleg utan at administrasjonskostnader er trekte frå. Departementet tek sikte på at ei forskrift blir vedteken i løpet av 2005, slik at gebyrordninga kan ta til å gjelde frå 1. januar 2006.

Svalbardmiljølova set krav om jakt- og fiskekort for å kunne hauste på Svalbard, og gir departementet heimel til i forskrift å fastsetje gebyr for jakt-, fangst- og fiskekort, for gebyr til felling av svalbardrein og gebyr for teoretisk eksamen i samband med jegerprøva. Krav om betaling av gebyr vart fastsett i forskrift om hausting på Svalbard 24. juni 2002 nr. 712. Gebyra vil gå inn i Svalbard miljøvernfond, og vil gi om lag kr 100 000 i inntekter til fondet årleg. Departementet tek sikte på å vedta ei forskrift som fastset satsane for gebyr slik at gebyrordningane kan ta til å gjelde 1. januar 2006.

Departementet vil oppnemne eit styre for Svalbards miljøvernfond som skal fatte vedtak om tildeling av midlar innafor ramma av svalbardmiljølova. Vedtekter og retningslinjer for disponering av fondet sine midlar vil bli fastsette av departementet.

Andre verkemiddel som er tekne i bruk er velordna registrering og overvaking av sentrale miljøkomponentar og aktive vernetiltak gjennom bl.a. Miljøovervakingsprogrammet for Svalbard og Jan Mayen (MOSJ).

Eit godt kunnskapsgrunnlag basert på forsking er ein føresetnad for at Noreg skal kunne forvalte sine polare territorium på ein økologisk forsvarleg måte. Norsk polarforsking av høg internasjonal kvalitet er òg ein føresetnad for at Noreg skal kunne spele ei aktiv rolle i den vidare utviklinga av det internasjonale forskings- og miljøvernsamarbeidet i polarområda. Det blir henta inn viktig ny kunnskap gjennom forsking i regi av Norsk Polarinstitutt, andre forskingsmiljø og Noregs Forskingsråd.

Eit internasjonalt samarbeid for forvaltning av miljøet på Svalbard, knytt bl.a. til å verne trekkjande arter og hindre langtransportert forureining, er òg eit viktig verkemiddel.

Det blir kontinuerleg samla inn store mengder data om våre hav- og kystnære område i nord. Samtidig aukar behovet for miljøovervaking og kriseberedskap i samband med ulykker.

Informasjon er òg eit viktig verkemiddel for å spreie kunnskap om Regjeringas miljøpolitikk for Svalbard.

Gjennom ei samarbeidsavtale mellom Miljøverndepartementet og Sosial- og helsedepartementet (nå Helse- og omsorgsdepartementet) ved Statens strålevern, vart Strålevernet i 1999 formelt faginstans for Miljøverndepartementet på området radioaktiv forureining av miljøet. Avtala blir fornya hausten 2005. Dette sikrar at Miljøverndepartementets noverande og framtidige plikter på dette området vil bli ivaretekne på ein tilfredsstillande måte. Det behovet Miljøverndepartementet har for slik ekspertise vil truleg auke i åra framover bl.a. som følgje av auka fokus på utsleppa frå oljeindustrien og planar om transport av radioaktivt avfall i eller i nærleiken av norske farvatn. Det er òg generelt aukande internasjonalt fokus på vern av miljøet mot radioaktiv forureining. Det blir arbeidd aktivt med nye kriterium for utslepp og det er aukande satsing på forsking i moglege effektar på naturmiljøet som følgje av eksponering frå radioaktive stoff.

Informasjonsberedskap er svært viktig når det gjeld radioaktiv forureining. Statens strålevern har som faginstans på området hovudansvaret for informasjonsarbeidet.

Miljøforvaltninga i Antarktis har blitt styrkt ved at det er blitt fastsett eit Annex til miljøprotokollen under Antarktis-traktaten som regulerer ansvaret for miljøskade i Antarktis. I tillegg til å regulere eit generelt erstatningsansvar etablerer Annexet reglar om erstatning for ikkjeøkonomisk tap, og etablering av eit miljøfond.

15 Resultatområde 9: Regional planlegging

Definisjon og avgrensing

Programområdet omfattar planlegging og utgreiing etter føresegnene om planlegging og konsekvensutgreiing i plan- og bygningslova. Verksemda er kjenneteikna av at planlegginga skal vere eit sentralt verkemiddel for å fremje og sikre den utviklinga som kommunane og fylka ønskjer, både fysisk og økonomisk, sosialt og kulturelt. Samtidig skal planlegginga ivareta dei nasjonale og regionale interessene som bl.a. ligg i å sikre ei berekraftig arealforvaltning. Planlegginga må derfor vere sektorovergripande. Ansvaret for planlegginga ligg i hovudsak til kommunestyra og fylkestinga, men skal skje i nært samråd med statlege fagstyresmakter, organisasjonar, næringsliv og innbyggjarar. Miljøverndepartementet er statleg planstyresmakt etter lova og har som oppgåve, i samarbeid med andre departement, å utvikle og formidle nasjonale mål for planlegginga i fylke og kommunar, arbeide med lov og forskrifter, behandle enkeltsaker og sikre riktig bruk av lov og plansystem gjennom rettleiing og opplæring.

Strategiske mål

Den regionale planlegginga skal medverke til å utvikle eit samfunn som tek vare på viktige felles verdiar og grunnleggjande levevilkår for ulike grupper innafor rammene av ei berekraftig utvikling. I planprosessane blir det lagt vekt på ei open haldning, innsyn og deltaking. Det er ei hovudutfordring framover å leggje til rette for at dei ulike sektorane tek plan- og bygningslova i aktiv bruk både på det kommunale og regionale nivået.

Nasjonale resultatmål, resultatindikatorar og statusbeskriving

Forvaltninga av plandelen i plan- og bygningslova er ei oppgåve som går på tvers av sektorar, og ansvaret for dette er lagt til Miljøverndepartementet. Det er derfor berre formulert nasjonale resultatmål på dette resultatområdet.

Tabell 15.1 Mål- og indikatortabell for resultatområde 9 Regional planlegging

Nasjonale resultatmål

Resultatindikatorar

1. Planlegginga i kommunane skal samordne den fysiske, økonomiske, sosiale, estetiske og kulturelle utviklinga.

Talet på kommunar med kommuneplan/ kommunedelplan, inklusive talet på år sidan vedtak

2. Kommunal arealplanlegging skal skje innafor rammene av nasjonal politikk, slik den kjem til uttrykk bl.a. i St.meld. nr. 21 (2004 – 2005) Regjeringens miljøvernpolitikk og rikets miljøtilstand.

Talet på og typar formelle motsegner fremja i planprosessane, fordelt på motsegnsorgan og grunngiving

Talet på motsegnssaker avgjort av departementet og endringar gjort av eigengodkjende planar

Talet på kommuneplanar som har innarbeidd universell utforming som prinsipp

Omfang av dispensasjonar som blir gitt innafor dei prioriterte områda

Endring i arealbruk knytt til dei ulike prioriterte områda

3. Fylkesplanlegginga skal samordne staten, fylkeskommunane og hovudtrekka i kommunanes fysiske, økonomiske, sosiale og kulturelle verksemd retta inn mot regional utvikling.

Talet på godkjende planar

Talet på fylke der regionalt utviklingsprogram (RUP) er integrert i fylkesplanen sitt handlingsprogram

4. Den regionale planlegginga skal samordne og styre bruk og vern av areal- og naturressursar over kommunegrensene.

Talet på godkjende fylkesplanar, fylkesdelplanar og interkommunale planar med konkrete retningsliner for areal- og naturressursar og utbyggingsmønster

5. Plan- og bygningslova skal vere eit effektivt verktøy for samordning mellom sektorar og forvaltningsnivå underlagt folkevalt styring.

Gjennomførte forenklingstiltak i plan- og bygningslova

Formidling og rettleiing til kommune- og fylkesnivået, avklaring av tolkingsspørsmål

6. Planar etter plan- og bygningslova og søknader etter sektorlover skal ha god dokumentasjon av vesentlege konsekvensar for miljø, naturressursar og samfunn.

Kjennskap til nytt regelverk om konsekvensutgreiingar hos relevante aktørar

Tidsbruk for KU-saker i forhold til dei rammer forskrifta set

Utarbeiding av KU i fylkes- og kommuneplanar

Kvaliteten på planprogram og på utgreiingar og vurderingar i planar (basert på stikkprøve)

Statusbeskriving

Planlegginga etter plan- og bygningslova skal samordne den offentlege innsatsen mellom forvaltningsnivå, sektorar og næringar. Tilrettelegging for meir effektiv og brukarretta planlegging er eit sentralt mål i samarbeidsregjeringas moderniseringsprogram. Utvikling av elektronisk saksbehandlingssystem basert på kart, areal- og miljødata, og forenkling av plan- og bygningslova er sentrale grep i denne samanhengen.

Resultatmål 1. Planlegginga i kommunane skal samordne den fysiske, økonomiske, sosiale, estetiske og kulturelle utviklinga.

Kravet om ei berekraftig utvikling og demokrati viser behovet for kommuneplanen som strategisk plan for langsiktig utvikling av kommunen. Dei fleste departementa stiller krav til kommunane på sine område. Det er viktig at kommuneplanane kan fange opp dei relevante sentrale plankrava utan at det nødvendigvis må utarbeidast eigne kommunale planar for dei ulike sektoromsyna. Lokal Agenda 21 og prinsippa for universell utforming (jf. resultatmål 2) gir gode perspektiv og arbeidsformer som kan medverke til å styrkje og fornye interessa for kommunal planlegging og lokalt miljøvern, og betre tilhøva for ulike grupper. Mange kommunar driv eit aktivt utviklingsarbeid når det gjeld kommunal planlegging. Miljøverndepartementet samarbeider med fleire departement og Kommunanes Sentralforbund om å organisere læring frå utviklingsarbeida.

Som ledd i oppfølging av St.meld. nr. 16 (2002 – 2003) Resept for et sunnere Norge (Folkehelsemeldingen), er det etablert eit samarbeid mellom Helse- og omsorgsdepartementet og Miljøverndepartementet om korleis planverktøyet kan takast i bruk for å styrkje folkehelsearbeidet i kommunane. Det er utarbeidd ein prosjektplan som inneheld forslag om utprøving i inntil ti kommunar av plan- og bygningslova og samfunnsplanlegging som verkemiddel i folkehelsearbeidet.

Dei fleste kommunane har vedteke eigen arealdel til kommuneplanen og reviderer denne med jamne mellomrom. Mange kommunar har òg utvikla ein aktiv bruk av kommunedelplanar for enkelte tema eller geografiske område i kommunen. Ved gjennomføring av større byggje- og anleggsarbeid, og ved nærare avklaring av arealbruken i område som er avsette til utbygging i følgje kommuneplanen, blir det utarbeidd reguleringsplanar. På dette området legg ein bl.a. vekt på å ta i bruk elektroniske verktøy, med sikte på ei meir effektiv plan- og byggjesaksbehandling. For nærare omtale sjå resultatmål 5.

KOSTRA-rapporteringa om planaktiviteten er betydeleg utvida f.o.m. 2004. Kommunane vedtok 2 147 reguleringsplanar i 2004. Av desse var 1 557, eller 73 pst., fremja som private planforslag. Av i alt 342 vedtekne bebyggelsesplanar var 279, eller 82 pst., fremja som private planforslag. I alt vart det vedteke 154 kommuneplanar eller kommunedelplanar for arealbruk, og 158 tematiske kommunedelplanar eller samfunnsdel av kommuneplanar i 2004. Av dei 350 kommunane som oppgir å ha ein vedteken kommuneplan med samfunnsdel, er 222, eller 63 pst., vedtekne i år 2000 eller seinare. Det er 403 kommunar som har rapportert å ha vedteke arealdel til kommuneplanen. Av desse er 261, eller 65 pst., vedtekne etter år 2000. Tala viser at eit stort fleirtal av kommunane har ei aktiv kommuneplanlegging, både for arealbruken og for den langsiktige samfunnsutviklinga.

Resultatmål 2. Kommunal arealplanlegging skal skje innafor rammene av nasjonal politikk.

For å sikre nasjonale og viktige regionale interesser har statlege fagstyresmakter og fylkeskommunen rett til å fremje motsegn mot kommunale planar. I slike tilfelle kan ikkje kommunen sluttbehandle planen utan at planen blir endra, eller at ein gjennom dialog kjem fram til ei akseptabel løysing. I dei fleste tilfella skjer ei slik avklaring lokalt. Dersom dette ikkje er tilfelle, skal saka avgjerast i Miljøverndepartementet.

F.o.m. 2004 rapporterer kommunane alle planar med motsegn i KOSTRA. Av i alt 244 kommuneplanar og kommunedelplanar for areal som vart sende på høyring i 2004, vart det fremja motsegn mot 80 planar, eller 33 pst. Av i alt 2 749 regulerings- og bebyggelsesplanar vart det fremja motsegn mot 428 planar, eller 16 pst. Tala viser at viktige konfliktspørsmål knytte til arealbruken ofte kjem opp i kommuneplanens arealdel, derfor er òg talet på motsegner høgare her. Dette er i tråd med regjeringas mål om å styrkje kommuneplanen som arena for langsiktig og heilskapleg arealavklaring i kommunane. Dei viktigaste grunngjevingane for motsegner mot kommuneplanane er naturvern-, friluftslivs- og landskapsinteresser, utbyggingsmønster (m.a. areal- og transportspørsmål), strandsone, jord- og skogbruk og kulturminne. Dei same tema går igjen i reguleringsplanane, men her er òg forureining/støy og transportspørsmål viktige tema.

Talet på saker som Miljøverndepartementet behandlar er nokså stabilt frå år til år. I 2004 fatta departementet vedtak i 29 slike saker. I 75 pst. av sakene vart motsegnene tekne heilt eller delvis til følgje, mens kommunane fekk medhald i 25 pst. av sakene. Av 2300 arealplanar vedtekne i kommunane i 2004, har departementet hatt til behandling berre ca. 1,3 pst. Dei fleste motsegnene som blir fremja (ca. 94 pst.), blir løyste lokalt gjennom planprosessen. Plansystemet ser no ut til å vere godt innarbeidd i kommunane, fylkeskommunane og hos statlege styresmakter. Motsegnssystemet ser ut til å sikre nasjonale og viktige regionale interesser samstundes som prinsippet om kommunal avgjerdsmynde er sikra.

I saker der kommunale vedtak blir overprøvde er det viktig å understreke den klare føresetnaden at fylkeskommunens eller statens standpunkt skal ha forankring i viktige regionale eller nasjonale interesser. Desse kjem m.a. til uttrykk i St.meld. nr. 21 (2004 – 2005) Regjeringens miljøvernpolitikk og rikets miljøtilstand, der det er gitt nye retningsliner for:

  • Arealbruk og utvikling i fjellområda med vekt på kultur- og naturressursar, friluftsliv og næringsmessig utnytting

  • Sikring av miljøkvalitetar og verdiar i landskapet

  • Sikring av villreinens leveområde

  • Reduksjon i omdisponering av verdifulle jordressursar

  • Samordna planprosessar for vindkraft

  • Bevaring av strandsona som verdifullt natur- og friluftsområde

  • Heilskapleg arealpolitikk for vassdraga

  • Planlegging av fritidsbustader med vekt på landskap, miljøverdiar, ressursbruk og estetikk

  • Vektlegging av god stadforming, miljøvenleg transport og gode, tilgjengelege uteareal i byar og tettstader

  • Sikring av trygge og gode leike- og uteareal ved bustader, skular og barnehagar

Gjennom departementets avgjerder i motsegnssakene blir gjeldande arealpolitikk konkretisert og formidla når det gjeld viktige nasjonale spørsmål.

Regjeringa har i St.prp. nr. 65 (2002 – 2003) Revidert nasjonalbudsjett, lagt opp til auka verdiskaping og turistmessig næringsutvikling i nasjonalparkar og større verneområde. Slik utvikling må sjåast i samanheng med utviklinga i randsonene, som blir forvalta av kommunane etter plan- og bygningslova. Fjellområda er ein stor ressurs for nyskaping og næringsverksemd. Auka næringsmessig bruk gir behov for langsiktig og samordna arealplanlegging, der grensene for utbygging av fritidsbustader og reiseliv, vegar, ferdsel osv. blir trekte. Dette krev ofte interkommunalt og regionalt samarbeid. Miljøverndepartementet vil fokusere på dei langsiktige utfordringane som er knytte til berekraftig bruk og utnytting av fjellområde, og på den naudsynte samordninga mellom verneplanar og planlegging etter plan- og bygningslova. Det vil m.a. bli gjennomført regionale planprosessar for alle fjellområda med villrein.

Noreg har slutta seg til Den europeiske landskapskonvensjonen, som trådde i kraft 1. mars 2004. Formålet er å fremje vern, forvaltning og planlegging av landskap og organisere europeisk samarbeid om dette. Konvensjonen gir utfordringar knytte til auka medvit om omgjevnadene, anten det er i by eller land. Miljøverndepartementet har ansvar for oppfølging av konvensjonen, og har etablert eit nettverk med andre departement for konkrete handlingstiltak knytte til konvensjonen. Det er eit utstrekt nordisk samarbeid om oppfølging av konvensjonen i kommunal og regional planlegging, støtta av Nordisk Ministerråd.

Utviklinga av byggjeverksemda i 100-meterbeltet langs sjøen er av nasjonal interesse. I St.meld. nr. 21 (2004 – 2005) Regjeringens miljøvernpolitikk og rikets miljøtilstand blir kommunane, fylkeskommunane og fylkesmennene utfordra til ein streng praksis ved behandling av plan- og dispensasjonssaker i 100-meterbeltet langs sjøen. Departementet har no overført rapporteringa av dispensasjonar i strandsona til KOSTRA. Denne rapporteringa gjeld alle typar dispensasjonar for nybygg i strandsona, både i og utanfor byggjeområde. I 2004 vart det gitt 798 slike dispensasjonar innafor 100-meterbeltet mot sjø, mot 867 i 2003. 73,5 pst. av søknadene vart godkjende. Departementet vil følgje byggeaktiviteten i strandsona nøye framover, særleg der nye område blir tekne i bruk. Fylke der utviklinga ikkje er tilfredsstillande vil bli følgt opp spesielt. Fleire stader finst gamle planar som ikkje er i tråd med dagens målsetjingar, og departementet vil be kommunane om å ta opp til vurdering slike forelda planar. Det vil òg bli vurdert å etablere eit betre rapporteringssystem for utbygging i tråd med plan innafor 100-meterbeltet, som vil fylle ut dagens tal for dispensasjonar. Tiltak for ein offensiv strandsonepolitikk er òg omtalt under resultatområde 2 Friluftsliv.

St.meld. nr. 23 (2001-2002) Bedre miljø i byer og tettsteder legg bl.a. vekt på å gjennomføre pilotprosjekt på utvalde område i samarbeid med byane, næringslivet og frivillige organisasjonar. Formålet er å utvikle nye og gode løysingar på miljøproblem og utviklingsoppgåver som kan vere gode døme for andre. Det er i gang pilotprosjekt i 12 byar på dei fire tema miljøsoner, sentrumsutvikling, byomforming og miljøvennleg transport i næringslivet. Byane arbeider etter prinsippa for universell utforming (jf. omtale nedanfor). Miljøverndepartementet koordinerer statens innsats for å betre miljøet i Groruddalen i Oslo, som er eitt av pilotområda. I samarbeid med samferdslestyresmaktene og Oslo kommune er det utvikla eit omfattande program for miljøvennleg transport. Ein samarbeider òg om å gjenopne Alnaelva og sikre og forbetre grøntområde og kulturmiljø i dalen.

Miljøverndepartementet har etablert ein eigen bymiljøpris som går til byar og tettstader som har gjort ein særskilt innsats for å betre bymiljøet. Kristiansand fekk prisen i 2002, Drammen i 2003, Årdalstangen i 2004 og Stavanger i 2005. Eit program for å utvikle attraktive og miljøvennlege tettstader i distrikta vil bli avslutta i 2005. I programmet blir offentlege verkemiddel samkøyrde med private ressursar for å få størst mogleg effekt og skape gode nettverk. Erfaringane frå dette programmet skal formidlast til andre kommunar og fylke. Desse erfaringane og erfaringane frå anna utviklingsarbeid skal òg nyttast i eit vidare arbeid for å fremje berekraft og utvikling i små og mellomstore byregionar, som ei oppfølging av St.meld. nr. 25 (2004 – 2005) om regionalpolitikken.

Det er oppretta eigne nettsider om barn og unges interesser i planlegginga. Nettsidene gir informasjon om lovgrunnlag, planfaglege spørsmål, rettleiarar og kontaktpersonar i fylka og på statleg nivå. Eit opplæringsprogram for barnerepresentantane er under utvikling.

Som ledd i oppfølginga av St.meld. nr. 40 (2002-2003) Nedbygging av funksjonshemmende barrierer, har Miljøverndepartementet koordinert Handlingsprogram for universell utforming. Dette programmet vart avslutta i 2004 og blir ført vidare i regjeringas handlingsplan for auka tilgjenge gjennom universell utforming. Fleire tiltak i handlingsplanen gjeld styrking av universell utforming innafor planlegging. Det skal utarbeidast rikspolitiske retningslinjer for universell utforming, og i samband med revisjonen av plandelen i plan- og bygningslova vil ein sjå på korleis dette omsynet best kan ivaretakast. Den nye forskrifta om konsekvensutgreiingar har fått ei ny føresegn om tilgjenge. Departementet arbeider med å inkludere universell utforming i KOSTRA og i det elektroniske plan- og byggjesakssystemet Byggsøk.

Resultatmål 3. Fylkesplanlegginga skal samordne staten, fylkeskommunane og hovudtrekka i kommunanes fysiske, økonomiske, sosiale og kulturelle verksemd retta inn mot regional utvikling.

Hovudansvaret for fylkesplanlegginga ligg hos fylkeskommunane. Fylkesplanen skal vere eit felles regionalt plandokument og planprosessane må bere preg av partnarskap, slik at kommunar og stat får eigarskap til planen. I 2004 vart det godkjent fem fylkesplanar og ni fylkesdelplanar.

Regjeringa går inn for å avvikle den sentrale godkjenninga av fylkesplanane. Dette er bl.a. grunngitt med at resultatet av godkjenninga ikkje står i forhold til innsatsen med sjølve godkjenningsprosessen. Ordninga vil bli teken opp i samband med odelstingsproposisjonen om revisjon av plandelen i plan- og bygningslova.

Resultatmål 4. Den regionale planlegginga skal samordne og styre bruk og vern av areal- og naturressursar over kommunegrensene.

Dei ni fylkesdelplanane som vart godkjende i 2004 handlar om spørsmål knytte til store infrastrukturtiltak, lokalisering av handel og senterstruktur og utvikling av delregionar i fylka. Den mellombelse kjøpesenterstoppen, som opphøyrde 1. februar 2004, blir følgt opp av regionalt tilpassa retningslinjer i fylkesdelplanane. Miljøverndepartementet sendte hausten 2004 eit brev til alle kommunar og fylke, der det vart slått fast at den nasjonale politikken som låg til grunn for kjøpesenterstoppen framleis står ved lag.

Det er fleire døme på at kommunane i samarbeid utarbeider planar for bruk og vern av areal- og naturressursar. Miljøverndepartementet ser at ei rekkje verne- og utviklingstema med fordel kan løysast i samarbeid mellom kommunane, og ønskjer å stimulere til slikt interkommunalt samarbeid. Slike planar kan bl.a. vere aktuelle i randsonene til større verneområde etter naturvernlova.

Resultatmål 5. Plan- og bygningslova skal vere eit effektivt verktøy for samordning mellom sektorar og forvaltningsnivå underlagt folkevalt styring.

Miljøverndepartementet legg vekt på ein aktiv dialog med fylkesnivået. Gjennom årlege tildelingsbrev til fylkesmennene blir det bl.a. teke standpunkt til kva prioriteringar som skal leggjast til grunn for verksemda i fylket. Det er særskilt viktig at fylkesnivået gir naudsynt bistand til kommunane, slik at ein i samarbeid kan oppnå effektive og målretta løysingar på aktuelle arealspørsmål og miljøutfordringar.

Det har vore ei brei høyring av Planlovutvalets forslag. Departementet har sett i gang arbeid med ein odelstingsproposisjon for ein ny plandel av plan- og bygningslova.

Ein føresetnad for å lage gode planar er tilgang på relevant og oppdatert informasjon. Gjennom Byggsøk-prosjektet samarbeider Miljøverndepartementet med Kommunal- og regionaldepartementet om å etablere rutinar for effektiv plan- og byggjesakshandling. Statens bygningstekniske etat har prosjektleiinga. Miljøverndepartementet har prioritert å finne løysingar der plansaksbehandlinga kan skje elektronisk. Det vil bli lagt til rette for eit system der den enkelte planleggjaren kan levere forslag til reguleringsplanar, basert på informasjon om planar og annan temainformasjon som blir gjort tilgjengeleg over nettet. Miljøverndepartementet har sett i gang eit arbeid med å vurdere framtidig driftsløysing. Gjennom samarbeidet Noreg digitalt vil offentleg forvaltning samle inn planrelevant informasjon.

Resultatmål 6. Planar etter plan- og bygningslova og søknader etter sektorlover skal ha god dokumentasjon av vesentlege konsekvensar for miljø, naturressursar og samfunn.

Ny forskrift om konsekvensutgreiingar trådde i kraft 1. april 2005. Dei nye reglane inneber at også visse fylkeskommunale og kommunale planar etter plan- og bygningslova skal behandlast etter forskrifta om konsekvensutgreiingar. Vidare inneber forskrifta effektivisering av tidlegare reglar, ved at konsekvensutgreiingar for utbyggingstiltak er integrerte i planlegginga etter plan- og bygningslova.

Departementet vil følgje opp med informasjon og rettleiing om nytt regelverk, særlig retta mot kommunane og regionale styresmakter. Det vil også bli gjennomført ei fortløpande overvaking av praktiseringa av regelverket, med fokus på effektive planprosessar og kvalitet på konsekvensutgreiingane. Departementet tek sikte på å gjennomføre ei evaluering av nytt regelverk i løpet av 2005-2006.

For å sikre ei berekraftig utbygging av vindkraft i samsvar med Regjeringas målsetjing om 3 TWh innan 2010, vil departementet fastsetje retningslinjer for planlegging og lokalisering av vindkraftanlegg. Departementet vil òg følgje opp arbeidet med konfliktvurderingar av melde og omsøkte anlegg, slik at ein får ei samla oversikt og heilskapleg vurdering av miljøkonsekvensane av planlagde og gjennomførte vindkraftutbyggingar.

Verkemiddel

Resultatområdet er planlagt finansiert med 58,1 mill. kroner i 2006. Finansieringa av resultatområdet er i hovudsak dekt over kapitla 1400, 1410, 1427, 1429 og 1441. Fylkesmannen har òg ansvar for oppgåver under resultatområde 9. Ein viser til nærare omtale av desse under resultatområde 11. Midlar til lønn og drift for desse oppgåvene er budsjetterte på kap. 1510 Fylkesmannsembeta, under Moderniseringsdepartementets budsjett.

Føresegnene i plan- og bygningslova om planlegging og konsekvensutgreiing er det viktigaste verkemidlet på resultatområdet.

For å medverke til avgjerder som fungerer godt for samfunnet, må det utviklast eit godt plansamarbeid mellom kommunar, fylke og statlege etatar. Hovudansvaret for bruk av plan- og bygningslova er lagt til kommunane, som normalt fattar endeleg vedtak om arealbruken. Etatane på regionalt nivå må i ein tidleg fase av planarbeidet gjere kommunen kjent med nasjonale og viktige regionale interesser.

I samarbeid med Kommunal- og regionaldepartementet blir det arbeidd med å leggje til rette for elektronisk saksbehandling i plan- og byggjesaker. Departementet gir ut rettleiing og rundskriv knytte til regelverket og vil halde god kontakt med instansar som har viktige oppgåver i forminga av dei fysiske omgivnadane (t.d. Husbanken og bygningsteknisk etat). Avgjerder og lovfortolkingar blir publiserte i rettskjelderegisteret Easy-find og publikasjonen PlanJuss. Det er vidare lagt stor vekt på å formidle fortløpande informasjon over departementets internettsider www.planlegging.no. Tiltak som aukar kompetansen innan planbistand internasjonalt er òg ein del av departementets innsats. Samarbeidsforum for storbyutvikling, der seks byar og ni departement deltek, er ein viktig arena for politikkformidling og utveksling av erfaringar med planlegging i byområde. Oppfølginga av Handlingsplan for universell utforming krev særskilt samarbeid med dei departementa som har oppgåver knytte til feltet. I samråd med dei rette departementa har Miljøverndepartementet etablert direkte samarbeid med underliggjande organ om iverksetjing av sektorovergripande tiltak.

Miljøverndepartementet koordinerer arbeidet med å gjennomføre regjeringas handlingsplan for universell utforming. Planen tek sikte på å auke innsatsen for å betre tilgangen for personar med nedsett funksjonsevne til viktige samfunnsområde. Kap. 1400 post 80 vart oppretta i 2005 for arbeidet med handlingsplanen og skal medverke til nyskaping og til samarbeid om gode løysingar på tvers av sektorar og på alle nivå. Denne ordninga er, saman med plan- og bygningslova, eit viktig verkemiddel for å innarbeide universell utforming som strategi for auka tilgjenge.

16 Resultatområde 10: Kart og geodata

Definisjon og avgrensing

Resultatområdet omfattar etablering og drift av geografisk basisinformasjon. Resultatområdet dekkjer òg oppfølging og utvikling av standardar og regelverk og fagleg samarbeid med andre land på området, stimulering av norsk næringsutvikling innafor geografisk informasjonsteknologi (GIT), forsking og utvikling, og sikring av historisk geografisk informasjon. Kartlegging av polare landområde høyrer til resultatområde 8. Resultatområdet inkluderer òg eit forvaltningsansvar for å skaffe fram arealdata for planleggingsformål.

Strategisk mål

Landet skal ha ein tenleg infrastruktur med tilgjengeleg geografisk informasjon, dvs. kart og elektronisk baserte tenester som tilfredsstiller det felles behovet ulike brukargrupper har for geografisk informasjon og fastlegging av posisjonar, under dette eit tilfredsstillande geodetisk grunnlag (grunnlag av målepunkt) for kartlegging, oppmåling og satellittbasert stadfesting (koordinatbestemming). Det er viktig å utvikle gode standardar for geodata, som er tilpassa internasjonale forhold.

Innafor arealpolitikken er det eit mål å skaffe fram god informasjon om arealas tilstand, før framtidig bruk blir planlagt. Staten og kommunane må i fellesskap etablere dette datagrunnlaget. St.meld. nr. 30 (2002-2003) « Norge digitalt» – et felles fundament for verdiskaping, gir føringar for Statens kartverk som nasjonalt fagorgan og for kva slag løysingar som skal etablerast for å få på plass ein nasjonal infrastruktur av geodata. Både digitale grunnkartdata og temadata inngår i Noreg digitalt. Deltakarane i infrastrukturen vil yte eit økonomisk bidrag til etablering av grunnkartdata. I tillegg vil temadata deira fritt bli stilte til rådvelde innafor samarbeidet.

Nasjonale resultatmål, resultatindikatorar og statusbeskriving

Forvaltninga av den nasjonale kart- og geodatapolitikken er ei oppgåve som går på tvers av sektorar, og ansvaret for dette er lagt til Miljøverndepartementet. Det er derfor berre formulert nasjonale resultatmål på dette resultatområdet.

Tabell 16.1 Mål- og indikatortabell for resultatområde 10 Kart og geodata

Nasjonale resultatmål

Resultatindikatorar

1. Landet skal ha eit einsarta geodetisk grunnlag (grunnlag av målepunkt) tilpassa satellittbasert stadfesting (koordinatbestemming).

Tal på kommunar med ferdig målt landsnett

Landsdekkjande høgdegrunnlag tilpassa europeisk samarbeid og framdrift på området

2. Landet skal ha ein tenleg infrastruktur av nasjonale geografiske databasar.

Prosentvis del av felles geodata som står att å etablere for landområda

Digitalt eigedomskartverk i prosent av totalt tal på eigedommar

Framdrift i etablering av nasjonalt register for luftfartshinder

3. Landet skal vere dekt av tenlege trykte og digitale kartseriar.

Ajourhaldsfrekvens for trykt hovudkartserie Noreg 1:50 000

Delen av autoriserte elektroniske sjøkart for norskekysten etter internasjonal standard i prosent av total

4. Geografiske data skal vere lett tilgjengelege og kunne nyttast effektivt på tvers av sektorar og forvaltningsnivå.

Utvikling og bruk av nasjonale og internasjonale standardar

Tal på kommunar og andre som har teikna avtale om Noreg digitalt

Databruken innan samarbeidet Noreg digitalt

Statusbeskriving

Resultatmål 1. Landet skal ha eit einsarta geodetisk grunnlag tilpassa satellittbasert stadfesting.

All privat og offentleg oppmåling, kartlegging og navigasjon føreset eit korrekt geodetisk grunnlag (kartreferanse). Grunnlaget er bygd opp over ei rekkje år, men er mange stader ikkje så nøyaktig og påliteleg som overgangen til satellittbaserte løysingar krev. Nytt landsomfattande overordna grunnlag, basert på internasjonal standard (EUREF89), kom på plass i 1997. Arbeidet med eit meir detaljert landsnett skjer i samarbeid med kommunar og andre brukarar som samfinansierte prosjekt. Så langt er 85 pst. av kommunane målte ferdig, noko som er godt føre planen. I mange kommunar må likevel kommunane sjølve gjere noko arbeid før dei kan ta grunnlaget i bruk. Status er at 46 kommunar har innført EUREF89, og fleire førebur dette. Det nasjonale høgdegrunnlaget frå 1950-talet blir no oppdatert med nye målingar, tilpassa bruk av satellitteknologi, og skal vere etablert seinast innan 2009. Kartverket vil framleis ta ansvar for å utarbeide tenester som kan ta i bruk satellittinformasjon til posisjonering. Det blir i samarbeid med kommunar og privat sektor bygd ut nettverk som gir stadig større grannsemd ved bruk av satellittdata.

Verksemda ved Kartverkets målestasjon i Ny-Ålesund vil vere redusert i 2006. Dette er gjort for å gi rom for satsing på andre tiltak i Statens kartverk som er gitt høgare prioritet.

Resultatmål 2. Landet skal ha ein tenleg infrastruktur av nasjonale geografiske databasar.

Noreg digitalt er eit samarbeid om etablering, drift, vedlikehald og distribusjon av geografiske data. Det er ei vidareføring og utviding av tidlegare samarbeid om geografiske data, som har omfatta statlege etatar med betydeleg bruk av geodata, og alle norske kommunar med unnatak av sju. 2005 har vore eit år for organisering av Noreg digitalt. Eit viktig mål har vore å få med så mange kommunar som mogleg. Det endelege målet er at alle kommunane tek del i Noreg digitalt. I 2006 vil det bli arbeidd for å få med fleire kommunar i samarbeidet. Då blir det viktig å vidareføre arbeidet med digitale plandata og evaluere og eventuelt korrigere driftsløysinga for Noreg digitalt.

Etablering av Noreg digitalt med landsdekkjande grunnkartdata og temadata etter felles standard er eit omfattande arbeid. Produksjon og tilrettelegging av temadata har verksemdene sjølve ansvar for. Progresjonen i etablering av dei enkelte temadata vil avhenge av kapasiteten i desse verksemdene. Produksjon av grunnkartdata vil bli koordinert av Statens kartverk, med økonomisk bidrag frå samarbeidspartane i Noreg digitalt. Sjølv om alle sluttar opp om samarbeidet, er det ikkje venta at Noreg vil vere dekt med digitale kartdata på land før tidlegast i 2015. I 2005 er noko over 50 pst. av denne dataetableringa fullført. Areal i byar og tettstader er i hovudsak dekt. Utfordringa for desse areala ligg i vedlikehald av data.

Det nasjonale eigedomsregisteret består av tre element: Grunneigedoms-, adresse- og bygningsregisteret (GAB), Elektronisk grunnbok og digitalt eigedomskartverk (DEK). Arbeidet med etablering av digitalt eigedomskartverk er eit samarbeid mellom Statens kartverk og den enkelte kommune. I GAB og elektronisk grunnbok finn ein komplett oppgåve over eigedommane i Noreg. Ca. 80 pst. av eigedommane er etablerte med eigedomsgrenser i DEK. Visjonen er eit landsdekkjande, truverdig eigedomsregister med data og kart over alle eigedommar i Noreg. Registeret skal spele saman med andre register. Eit nytt datasystem for eigedomsregisteret (matrikkelen) er under utvikling. Målet er operativ drift av systemet i 2007. Ny lov om eigedomsregistrering vart vedteken av Stortinget i juni 2005. Arbeidet med forskrifter er starta, med sikte på ei iverksetjing av lova i 2007.

Statens kartverk skal vere registerførar for luftfartshinder, jf. forskrift av 14. april 2003, heimla i luftfartslova. Statens kartverk må arbeide for å få med flest mogleg data frå eigarane av slike hinder. Målet er dekning av alle betydelege hinder innan utgangen av 2007.

Resultatmål 3. Landet skal vere dekt av tenlege trykte og digitale kartseriar.

Første gongs produksjon av økonomisk kartverk vart fullført i 2002, og omfattar vel 180 000 km2, dvs. alt vesentleg produktivt areal, til saman over 32 000 kartblad. Frekvensen på ajourføringa av denne typen kart er i dag 18 år. «N50», den digitale førsteutgåva av hovudkartserien for Noreg 1:50 000, vart lansert i 2001. I 2005 starta produksjonen av dei første N50-kombikarta med land- og sjøinformasjon i same kart.

Bruk av pålitelege elektroniske sjøkart i kombinasjon med moderne navigasjonssystem vil betre tryggleiken til sjøs. Bruk av slike system vil kunne redusere faren for skadar på personar og miljø, redusere materielle kostnader, auke regulariteten, korte ned seglingsruter og styrkje næringsgrunnlaget langs kysten. Så langt har Kartverket gitt ut 91 av 141 papirkart i moderne kvalitet. Moderne målingar er utførde for eit større areal. Frå dette målematerialet blir kart produserte kontinuerleg. Regjeringa prioriterar arbeidet med sjøkart høgt. Kyststrekninga frå svenskegrensa til Vega er no ferdig. Strekninga frå Vega og nordover vil vere ferdig målt i 2006–2007. Produksjonen av kart går kontinuerleg og førstegongskartlegginga av elektroniske sjøkart vil vere fullført første halvår 2008.

Dei siste åra er det blitt sendt ein sjømålingsekspedisjon til Svalbard kvart år. Saman med investeringar i ny teknologi har dette gitt god framdrift i den aktuelle målesesongen frå juli til september/oktober. Til no er 48 pst. av samla areal dekt med tidsmessige målingar. Dei viktigaste sjøområda blir målte først.

Statens kartverk skal føre vidare arbeidet med gjennomføring av det marine kartleggings- og kunnskapsprogrammet Mareano, som vart starta i 2005 (sjå eigen omtale under resultatområde 1). Kartverkets rolle vil vere å administrere kartlegginga. Det skal fokuserast på kartlegging av havbotnen og tilrettelegging av data for ulik bruk, blant anna til forvaltning av biologisk mangfald.

Resultatmål 4. Geografiske data skal vere lett tilgjengelege og kunne nyttast effektivt på tvers av sektorar og forvaltningsnivå.

Det er særdeles viktig å få på plass og ta i bruk aksepterte nasjonale og internasjonale standardar for felles bruk av geografiske data. Noreg er aktivt i utvikling og bruk av felles standardar. Erfaringane viser at Kartverket har ei oppgåve som sentral koordinator og bidragsytar i eit vellykka standardiseringsarbeid. Miljøvernforvaltninga spesielt, og offentleg forvaltning generelt, skal gjennomføre planmessig bruk av slike standardar.

Innafor samarbeidet Noreg digitalt vil partane få tilgang til data som er tilrettelagt ved bruk av slike standardar. Formidling av data til aktørar utanfor samarbeidet Noreg digitalt skjer gjennom statsaksjeselskapet Norsk Eigedomsinformasjon. Data er lagt til rette etter dei same standardane også for denne formidlingstenesta.

For sjøkartlegging finst det eigne standardar. Sjøkartverket har etablert ei koordineringsteneste, PRIMAR Stavanger, for å gjere elektroniske sjøkart tilgjengelege. Sjøkartverket har så langt inngått avtaler med ca. 20 nasjonar om formidling av sjøkartdata gjennom denne tenesta. Det er ei sentral målsetjing å få fleire land sine sjøkarttenester med i samarbeidet for å kunne gi eit samla tilbod av sjøkart til brukarane. Ved konvertering av sjøkartdata vil data for kysten og dei kystnære områda bli lagt til rette for bruk saman med kartdata for landområda. Etter konvertering vil sjødata vere tilpassa standardane for bruk på land.

Geodata er eit verkemiddel for at kommunane og forvaltninga skal oppnå effektiviseringsvinstar og betre resultat innafor område der det ofte er utarbeidd nasjonale målsetjingar. Kommunane har ei sentral rolle som planstyresmakt. Geografisk informasjon og kart framstiller biletleg og forenklar viktig faginformasjon. Geodata kommuniserer derfor effektivt med brukargrupper som ikkje har tematisk spesialkompetanse. Data for tilgjenge blir no utvikla som nytt fagtema til bruk i planlegging og forvaltning. Noreg digitalt legg til grunn at arealdata, ressursdata, miljødata og plandata skal inngå i den felles geografiske infrastrukturen. Det har gjennom fleire år vore arbeidd med slike temadata i samarbeid mellom kommunar, fylke og statlege fagstyresmakter leia av Statens kartverk. Dette arbeidet blir no ført vidare gjennom ei integrering med basis geodata i Noreg digitalt.

Verkemiddel

Resultatområdet er planlagt finansiert med 328,6 mill. kroner i 2006, der alt i hovudsak blir dekt over kapitla 1465 og 2465. I tillegg dekkjer statsoppdraget midlar til delar av Kartverkets drift som blir finansiert over resultatområde 11. Kapitla 1400, 1410,1425, 1427,1429 og 1441 er òg med på å finansiere resultatområdet.

Statens kartverk utfører i all hovudsak Miljøverndepartementets oppgåver innan resultatområdet. Statens kartverk er det nasjonale fagorganet som skal kvalitetssikre og leggje til rette geodata for heile det norske samfunnet. Kommunane har òg eit betydeleg ansvar. Verksemda i kommunane er tradisjonelt knytt til teknisk kartlegging (målestokk 1:1 000) og GAB-registrering. Kartverket har eit tradisjonelt ansvar for å etablere og forvalte nasjonale kartseriar og register, bl.a. hovudkartseriane i målestokk 1:50 000 for respektive sjø og land, økonomisk kartverk (målestokk 1:5 000) og landets offisielle register for grunneigedoms-, adresse- og bygningsdata (GAB-registeret). Etablering av databasar og produksjon av kart i digital form har lenge vore den store utfordringa, og vil vere det i fleire år framover.

Når kart og stadfesta informasjon blir forvalta i digital form, er ikkje informasjonen lenger knytt til ein bestemt kartmålestokk. Data samla inn til bruk for eitt formål, f.eks. lokalt i ein kommune, er like godt eigna til bruk i landsomfattande kartseriar. Å utnytte innsamla data på tvers av forvaltningsnivåa stiller krav til samarbeid om felles dataforvaltning både mellom stat og kommune og mellom dei forskjellige statlege deltakarane. Dette er understreka i St.meld. nr. 30 (2002-2003) « Norge digitalt», og vil vere førande i arbeidet med å få med nye partar og auka finansiering til den nasjonale infrastrukturen. Statens kartverk er eitt av Miljøverndepartementes og NORADs fagsenter for miljøutvikling, og deltek med jamne mellomrom i norske bistandsprosjekt i fleire land. I 2005 vart det oppretta eit internasjonalt senter for eigedomsrett og -utvikling ved Statens kartverk. Senteret er oppretta for å samle og styrkje kompetansen på dette området. NORAD, Utanriksdepartementet og ambassadane vil no bli sikra god rådgiving i sitt internasjonale engasjement innan formalisering av rett til fast eigedom.

17 Resultatområde 11: Områdeovergripande verkemiddel og fellesoppgåver

Resultatområdet omfattar oppgåver og verkemiddel som går på tvers av resultatområda 1-10. Resultatområdet innverkar følgjeleg på resultatoppnåinga innafor alle dei andre resultatområda. Sentrale oppgåver er å:

  • Medverke til å integrere miljøomsyn i andre område av politikken på ein effektiv måte, bl.a. ved i samarbeid med andre departement regelmessig å utarbeide Stortingsmelding om Regjeringas miljøvernpolitikk og rikets miljøtilstand, årleg vurdere og omtale miljøprofilen i statsbudsjettet og følje opp nasjonal handlingsplan for berekraftig utvikling (NA21) kvart år i nasjonalbudsjettet.

  • Vurdere og ta i bruk ein kombinasjon av verkemiddel som syter for at miljøvernpolitiske mål blir nådde til lågast moglege kostnader for samfunnet.

  • Utføre forvaltningsoppgåver, internadministrasjon som internadministrativt utviklingsarbeid og oppgåver innafor personale, økonomi, IKT, og andre oppgåver som ikkje naturleg høyrer inn under dei andre resultatområda.

Områdeovergripande internasjonalt arbeid er omtalt under resultatområde 8.

Strategiske mål

  • Miljøvernforvaltninga skal innrette verksemda slik at måla i miljøvernpolitikken blir nådde til så låge kostnader som mogleg for samfunnet. Styrings- og kostnadseffektivitet skal vere grunnleggjande for valet av verkemiddel.

  • Miljøvernpolitikkens verdigrunnlag skal profilerast, og miljøvernomsyn skal integrerast i alle sektorar av samfunnet – og liggje til grunn for miljøvernforvaltningas interne arbeid. Kunnskap og tilgjenge til miljøinformasjon skal medverke til å styrkje forståinga for å betre avgjerdsgrunnlaget i miljøvernpolitikken. Det skal leggjast til rette for å styrkje og fornye miljøvernarbeidet, og stimulere til berekraftig praksis regionalt og lokalt.

Miljøvernforvaltningas arbeidsmål, resultatindikatorar og statusbeskriving

Resultatområdet har ikkje eigne nasjonale mål, men må sjåast i lys av miljøvernforvaltningas områdeovergripande oppgåver, jf. resultatområda 1-10.

Tabell 17.1 Mål- og indikatortabell for resultatområde 11 Områdeovergripande verkemiddel og fellesoppgåver

Miljøvernforvaltningas arbeidsmål

Miljøvernforvaltningas resultatindikatorar

1. Sikre at internadministrasjonen av miljøvernforvaltninga er målretta, effektiv og miljøvennleg, og i samsvar med overordna retningslinjer for statsforvaltninga. Følgje opp beredskapsarbeid og sikre miljøvernforvaltninga si evne til å handtere kriser.

Godt utført planlegging, økonomistyring, personalforvaltning og annan internadministrasjon.

Utviklinga innafor IKT har gode nytteuttak av investeringar som er gjort, og det er tilrettelagt for effektiv datautveksling mellom fagsystem.

Oppdatert internt regelverk.

Godt utført planlegging og gjennomføring av tiltak for organisasjonsutvikling, og god oppfølging av andre tiltak innafor Regjeringas moderniseringsarbeid.

Gjennomført interne tiltak i tråd med prosjektplan for Grøn stat i Miljøverndepartementet.

Oppdatert og ferdigstilt planverk for beredskapen i miljøvernforvaltninga.

2. Sikre effektive system og målretta kunnskap som grunnlag for politiske prioriteringar og styring av miljøvernforvaltninga.

Godt gjennomført budsjettarbeid og styringsdialog med miljøvernforvaltninga, andre etatar og verksemder med oppgåver på miljøområdet.

Etablert og teke i bruk gode prosessar og system for utvikling av og tilgang til ny kunnskap både internt og i samarbeid med andre styresmakter og Noregs forskingsråd.

Teke i bruk eksisterande erfaring og kunnskap på ein effektiv måte.

3. Sikre at miljøvernomsyn blir formidla, forankra og integrerte i alle sektorar av samfunnet.

Formidla relevant og ny miljøkunnskap på ein føremålstenleg måte til andre departement.

Etablert tilstrekkeleg kunnskap om andre departements mål og utfordringar.

Vidareutvikla Stortingsmelding om Regjeringas miljøvernpolitikk og rikets miljøtilstand for å styrkje at miljøvernpolitikken blir integrert i viktige prosessar og sektorar.

Integrert miljøvernpolitiske mål og synleggjort det økologiske perspektivet i relevante stortingsdokument frå Regjeringa.

Medverka til å endre subsidie- og skatte- og avgiftssystemet i meir miljøvennleg retning.

Redusert miljøbelastningane frå forbruk av varer og tenester ved at det blir teke større miljøomsyn ved offentlege anskaffingar.

Utvikla Noreg til eit føregangsland for miljøteknologi.

Ført ein aktiv politikk overfor næringslivet for å bidra til at fleire norske bedrifter utviser samfunnsansvar, «Corporate Social Responsibility» (CSR), og for å få fram internasjonale rammevilkår som støttar sterkare opp om CSR.

Prioritert/lagt vekt på analysar og miljøkonsekvensane av produksjon og forbruk i Noreg. Utvikle eigna indikatorar for å følgje utviklinga i samanhengen mellom forbruk og miljøkonsekvensar over tid, som bl.a. må sjåast i samanheng med Indikatorutvalets forslag til indikatorar for berekraftig utvikling. Lagt ein strategi for berekraftig forvaltning av statens bygningsmasse.

4. Sikre rammevilkår og verkemiddel som varig styrkjer det regionale og lokale miljøvernarbeidet.

Fått i gang læringsnettverk av miljøkommunar i samarbeid med KS. Frivillige organisasjonar, næringsliv og fagmiljø er tekne med i prosessen.

Tilrettelagt eit effektivt informasjonssystem og formidling av eksempel slik at kommunane betre kan sjå, ta initiativ til og gjennomføre tiltak på miljøvernområdet.

Utvikla indikatorar og tilrettelagt for målretta styring av miljøretta tiltak i kommunane. Nøkkel-indikatorar skal i neste fase inngå i eit revidert opplegg for KOSTRA.

5. Sikre god informasjon og kommunikasjon med ulike målgrupper om lokale, nasjonale og globale utfordringar.

Fortløpande formidla Regjeringas miljøvernpolitikk via aktuelle kommunikasjonskanalar.

Teke i bruk eigna arenaer for kommunikasjon med ulike målgrupper internt og eksternt.

Lagt til rette for meir open og tilgjengeleg miljøinformasjon.

Statusbeskriving

Arbeidsmål 1. Sikre at internadministrasjonen av miljøvernforvaltninga er målretta, effektiv og miljøvennleg, og i samsvar med overordna retningslinjer for statsforvaltninga.

Det ligg føre ein miljøhandlingsplan og overordna plan- og styringsdokument for å leie miljøvernforvaltninga mest mogleg målretta og effektivt. Det blir arbeidd fortløpande med organisasjonsutvikling i tråd med Regjeringas moderniseringsarbeid.

Departementa skal omstille delar av personalressursane ved å sentralisere rekneskaps-, lønns- og IT-funksjonane. Som eit ledd i dette har Miljøverndepartementet gjennomført individuell karriereplanlegging for dei medarbeidarane som er berørte av sentraliseringa. Det blir arbeidd kontinuerleg med vidareutvikling av sentrale personalpolitiske område, under dette inkluderande arbeidsliv, mobilitet, rekruttering, likestilling og integrering av livsfasepolitikk. Departementet har bl.a. gjennomført 360 graders leiarevaluering, og skal arbeide vidare med utvikling av leiing i lys av dette. Bruken av informasjonsteknologi skal medverke til effektive og betre arbeidsprosessar. Strategi for IKT i heile miljøvernforvaltninga blir fornya med verknad frå 2006. Oppfølging av strategien er eit forpliktande samarbeid mellom departement og etatar. Arbeidet med Grøn stat er følgt opp gjennom å integrere miljøleiing i departementets system for verksemdsplanlegging og gjennomført ISO 14001-sertifisering. Miljøverndepartementet er med dette det første departementet som er ISO-sertifisert. Dette forpliktar medarbeidarane til å delta, bl.a. gjennom innspel om ulike forslag til tiltak og forbetringar. Samtidig gjer verktøya for verksemdsplanlegging at ein sikrar eit system for oppfølging av og måling av effektane av tiltaka over tid. ISO 14001-sertifiseringa krev årlege forbetringar på utvalde satsingsområde. Tiltaksplanen for Grøn stat i Miljøverndepartementet er basert på dei fire satsingsområda; innkjøp, transport, avfall, og bygg og energi. Beredskapsarbeidet er følgt opp gjennom revisjon av planverk og gjennomføring av ei beredskapsøving for leiinga i departementet. Det blir arbeidd med oppgradering av teknisk infrastruktur og alle varslingslister er oppdaterte. Informasjonsberedskapen er også systematisk gjennomgått for å styrkje miljøvernforvaltningas evne til å handtere kriser.

Arbeidsmål 2. Sikre effektive system og målretta kunnskap som grunnlag for politiske prioriteringar og styring av miljøvernforvaltninga.

Det er utvikla eit heilskapleg system for styring, prioritering og resultatmåling/oppfølging i miljøvernforvaltninga. Systemet dekkjer alle nivå, og skal ivareta alle formål, under dette også departementets arbeid med etatsstyring. I 2004 gjennomførte departementet eit prosjekt for å kunne vurdere eventuelle høve til ytterlegare effektivisering og forenkling av arbeidet i miljøvernforvaltninga. Prosjektet omfatta alle etatane, med unntak av Statens kartverk og Produktregistret. Prosjektet omfatta òg interne administrative oppgåver i Miljøverndepartementet. Ut over hausten 2004 vart prosjektet ført vidare med såkalla «djupdykk» på utvalde område. Konkret oppfølging vil bli gjennomført i 2005 og 2006. Dette gjeld blant anna behovet for IKT-investeringar for sikre gode nytteuttak.

Miljøvernforvaltninga har ansvar for dokumentasjon og kvalitetssikring av norske miljødata. Miljøvernforvaltninga skal syte for at data som blir nytta i statlege og sentrale internasjonale rapportar er autoriserte og offisielle norske miljødata. Det blir bl.a. lagt opp til ei systematisk rapportering og dokumentasjon av resultata av Regjeringas samla miljøvernpolitikk på bakgrunn av data frå miljøovervaking, miljøstatistikk og sektorvis miljørapportering. Systemet vil gi viktig informasjon for å vurdere utviklinga i miljøet og gjennomføringa av politikken innafor kvar sektor, og identifisere behovet for ny politikk. Referansesystemet for miljøinformasjon skal innehalde tilvisingar til alle miljødata som blir nytta i Stortingsmelding om Regjeringas miljøvernpolitikk og rikets miljøtilstand (RM), Miljøstatus i Noreg på Internett og internasjonal rapportering. Arbeidet med dataproduksjon, forvaltning og formidling må sjåast i samanheng med IKT-strategi for miljøvernforvaltninga.

Miljøverndepartementet samarbeider med Noregs forskingsråd for å sikre at kunnskapsproduksjonen blir målretta, og at resultata frå forskinga blir formidla slik at dei òg kan nyttast av andre avgjerdstakarar. Det er lagt stor vekt på å formidle nye forskingsresultat til avgjerdstakarane på ein god måte, og at forvaltninga får forståing for i kor stor grad forskingsresultat ligg til grunn for forvaltningas eige arbeid og dei avgjerder den tek. Nye kunnskapsbehov og resultat av forskingsinnsatsen som er finansierte av Miljøverndepartementet, er omtalte under dei enkelte resultatområda. Gjennom EØS-avtala deltek Noreg i EUs 5. rammeprogram for forsking. Norske forskingsmiljø har markert seg godt, bl.a. i miljødelen av rammeprogrammet.

Arbeidsmål 3. Sikre at miljøvernomsyn blir formidla, forankra og integrerte i alle sektorar av samfunnet.

  • Miljøprofilen i statsbudsjettet og status i miljøpolitikken er omtalt i stortingsmeldinga om Regjeringas miljøvernpolitikk og rikets miljøtilstand. Denne meldinga blir lagt fram annakvart år, siste gongen våren 2005.

  • Alle sektorstyresmakter har ansvar for at verkemiddel og tiltak på eige område ikkje medfører unødige miljøproblem og for at miljøomsyn blir integrerte i sektorpolitikken. Miljøarbeidet på sektorane skal drivast i tråd med dei strategiske og nasjonale miljømåla.

  • Sektoransvarsprinsippet vil i hovudsak bli vidareutvikla gjennom dei ordinære budsjett- og RM-prosessane.

Nettverk for miljølære har blitt eit godt hjelpemiddel for lærarar og elevar på alle nivåa innafor skuleverket. Mange skular nyttar nettverket sine Internettsider, som òg er kopla opp mot Miljøstatus i Noreg for utdjupande bakgrunnsinformasjon.

Det tverrdepartementale samarbeidet om planen eNoreg omfattar spørsmål som både er knytte til berekraftig utvikling og IKT, og til verdien av miljøinformasjon og stadfesta (koordinatbestemt) informasjon som elektronisk innhald.

Grøn stat – innføring av miljøleiing i statlege verksemder

Staten har eit stort potensial for å påverke miljøet, både gjennom eiga drift og eige forbruk, og gjennom påverknad av produksjon av varer og tenester. Sjølv om dei fleste statlege etatar/verksemder har ei driftsform som ikkje medfører store enkeltutslepp samanlikna med tradisjonell industri, fører omfanget av den totale statlege verksemda til at miljøpåverknaden er betydeleg. Regjeringa har sett som mål at alle statlege etatar og verksemder innan utgangen av 2005 skal ha innført miljøleiing som ein integrert del av styringssystema for organisasjonen.

Kvart departement har ansvar for å innføre miljøleiing, og for at underliggjande etatar og verksemder innfører miljøleiing innan 2005. Dei aller fleste departementa og underliggjande etatane har no innført miljøleiing. Når det gjeld underliggjande etatar vil dei fleste ha innført miljøleiing innan utgangen av 2005. Alle har starta opp, men for nokre av dei underliggjande etatane vil systemet først bli implementert i 2006. Enkelte verksemder har dessutan gjennomført eller har planar om å utvikle vidare miljøleiingssystemet sitt til eit meir omfattande og tredjepartsertifisert system. Miljøverndepartementet vil innan utgangen av 2005 bli ISO 14001-sertifisert. Ei rekkje miljøtiltak er sette i verk. Blant anna har Statens forvaltningsteneste saman med Statsbygg inngått ei felles avtale for returpapir og miljømessig riktig handtering av fysisk utstyr for departementsfellesskapet. Fleire av departementa fokuserer på energitiltak, redusert papirforbruk, miljøkrav til innkjøp av varer og tenester, under dette innkjøp av miljømerkte produkt og trykkeritenester, og tilrettelegging for auka bruk av videokonferansar. Nærare omtale av arbeidet er elles gitt i budsjettproposisjonane frå dei enkelte departementa.

For å sikre at statlege verksemder har god nok kunnskap og kompetanse om miljøleiing og aktuelle tiltak, er det blitt utvikla kursopplegg og rettleiingsmateriell tilpassa statlege verksemder. Det er oppretta ei Grøn statnettside i regi av GRIP. Nettstaden vil vere ein møtestad for informasjon og inspirasjon og gi statlege verksemder praktisk rettleiing og høve til å dele erfaringar, kunnskap, metodar og verktøy med meir. Det er også utvikla eit «positivt barometer!» som viser aktive verksemder og gjennomførte resultat i statlege verksemder. I løpet av 2006 vil resultata av prosjekt Grøn stat bli evaluert og eventuell oppfølging vurdert.

Berekraftig produksjon og forbruk

Det er eit mål å minimere den uheldige verknaden produkt og tenester har på miljøet, noko som seinast vart uttalt i deklarasjonen frå FN-toppmøtet i Johannesburg om miljø og berekraftig utvikling. Dette området vil derfor vere viktig i Regjeringas vidare arbeid med Nasjonal Agenda 21 – handlingsplan for berekraftig utvikling.

For å bidra til å hindre at forbruksveksten medfører auka miljøbelastning og at det skjer ei fråkopling mellom miljøproblema og forbruksvekst, vil det bli arbeidd for å styrkje innsatsen spesielt retta mot forbrukarar. Det vil bli lagt særleg vekt på tilgang på informasjon og anna tilrettelegging for å gjere det lettare å opptre som miljøvennleg forbrukar. Offentleg sektor har eit hovudansvar for å gå føre i arbeidet for eit meir berekraftig forbruk. Årleg kjøper offentleg sektor varer og tenester for over 240 milliardar kroner. Ved å ta miljøomsyn ved innkjøp og investeringar vil offentleg sektor kunne bidra betydeleg til å redusere miljøbelastninga av drifta si. Samtidig vil auka etterspørsel etter miljøvennlege løysingar frå offentleg sektor bidra til å fremje rimelegare og betre utval av miljøvennlege produkt og teknologi i heile marknaden. I næringslivet blir det lagt ned store ressursar på å utvikle meir miljøvennlege løysingar og ta i bruk miljømerkeordningar for å informere om produktas miljøeigenskapar. Næringslivet opplever likevel manglande etterspørsel etter slike løysingar frå det offentlege.

I lov om offentlige anskaffelser er det stilt krav om at det ved planlegging av innkjøp skal takast omsyn til livssykluskostnader og miljøkonsekvensar av anskaffingane. Erfaringane så langt tyder likevel på at det gjenstår betydelege utfordringar i å integrere miljøomsyn i innkjøpsprosessen til den enkelte statlege verksemda.

For å fremje miljøomsyn ved offentlege innkjøp er det sommaren 2005 oppretta eit panel for miljømedvitne offentlege innkjøp. Panelet er eit rådgivande panel for Miljøverndepartementet om miljømedvitne innkjøp i offentleg sektor. Panelet skal blant anna identifisere barrierar og høve til å ta miljøomsyn ved offentlege anskaffingar, bidra til auka kompetanse om miljømedvitne innkjøp i Noreg og vere ein viktig møteplass for utveksling av erfaringar og informasjon mellom sentrale aktørar.

I regi av GRIP er det sett i gang eit femårig program om offentlege miljømedvitne innkjøp. Programmet skal bidra med praktisk hjelp til innkjøpa, blant anna leggje til rette for at det blir enklare å stille miljøkrav. Eit viktig tiltak vil vere å syte for at innkjøparar har tilgang til relevante miljøkrav/miljøkriterium for viktige produktgrupper og nødvendige metodar og verktøy for å gjennomføre miljøeffektive anskaffingar. Kunnskap og verktøya som blir utvikla overfor offentlege verksemder kan også ha overføringsverdi til privat næringsliv.

EU-kommisjonen har bede medlemsstatane sine om å utarbeide handlingsplanar for å fremje miljømedvitne innkjøp innan utgangen av 2006. Planane skal beskrive status, setje ambisiøse mål for dei kommande tre åra og vurdere kva tiltak som skal setjast i gang for å nå måla. Planane skal reviderast kvart tredje år. Regjeringa vil i løpet av 2006 utarbeide ein slik handlingsplan.

Informasjon er eit heilt sentralt verkemiddel i miljøvernpolitikken. For ytterlegare å styrkje retten til miljøinformasjon vart det vedteke ei samla lov om rett til miljøinformasjon og deltaking i offentlege avgjerdsprosessar med innverknad på miljøet (miljøinformasjonslova), som trådde i kraft 1. januar 2004. Lova inneber ei plikt for både offentlege styresmakter og offentlege og private verksemder til å gi ut miljøinformasjon. Lova forpliktar vidare forvaltingsorgan på alle nivå til å gjere allment tilgjengeleg oversiktsinformasjon om miljøtilstand og miljøforhold innafor sine respektive ansvarsområde. Arbeidet med å gjere informasjon tilgjengeleg er eit kontinuerlig arbeid, og Regjeringa vil styrkje arbeidet med formidling av miljøinformasjon, slik at den når ut til alle befolkningsgrupper i tråd med prinsippa for universell utforming.

For å bidra til å sikre at miljøinformasjonslova blir overhalden har Regjeringa oppnemnt ei eiga uavhengig klagenemnd som trådde i funksjon 1. januar 2004. Klagenemnda for miljøinformasjon behandlar klager over avslag på innsyn hos private verksemder. Lova vil bli evaluert i 2006 i tråd med Stortingets oppmoding.

Slik det vart signalisert i St.meld. nr. 21 (2004-2005) Regjeringens miljøvernpolitikk og rikets miljøtilstand vil Regjeringa gjere Noreg til eit føregangsland for miljøteknologi. Regjeringa ønskjer å leggje til rette for å styrkje utvikling og bruk av miljøteknologi, og bidra til at dette blir eit sentralt element for å møte viktige miljøutfordringar. Miljøteknologi kan både bidra til miljøforbetringar og sikre næringsutvikling og sysselsetjing. Det er eit aukande fokus på miljøteknologiske løysingar også internasjonalt, noko som inneber auka høve til eksport for norske verksemder.

I tillegg vil reduserte kostnader ved ny teknologi auke høvet for utviklingsland til å ta i bruk teknologien og bidra til at desse landas sterke behov for økonomisk vekst kan skje utan tilsvarande auka belastningar på miljøet. Miljøteknologi, som gir grunnlag for auka verdiskaping, redusert forureining og reduserte kostnader, kan derfor òg vere eit effektivt og sentralt bidrag til arbeidet med å redusere fattigdommen i verda.

Regjeringa foreslår å vidareføre fokuset på miljøteknologi. Det blir lagt opp til å stimulere til auka forsking på miljøteknologi og nytte forskingsresultata betre. Regjeringa vil òg gjere forventningane til næringslivet tydelegare og vurdere korleis eksisterande støtteordningar kan nyttast betre.

Det er sett i gang utgreiingsarbeid i 2005 for å kartleggje kva faktorar som påverkar utvikling og bruk av miljøteknologi. Det vil i 2006 bli vurdert korleis resultata frå denne kartlegginga kan nyttast som grunnlag for vurderingar av relevante verkemiddel og vidare verkemiddelutforming.

Det blir lagt opp til å vidareføre fokuset på meir miljømedvitne offentlege innkjøp, kompetanseoppbygging og internasjonalt samarbeid.

Regjeringa vil i 2006 halde fram samarbeidet knytt til EUs handlingsplan for miljøteknologi, og vil òg arrangere seminar og anna aktivitet som kan bringe den norske miljøteknologinæringa i kontakt med samarbeidspartnarar i EU og andre land. Dette er eit langsiktig arbeid som òg avheng av nært samarbeid med og oppfølging også frå nærings- og forskingsaktørar.

I 2005 er det oppretta ein nettstad for miljøteknologi i Noreg, www.miljoteknologi.no. Nettstaden blir redigert av SFT. Det vil i 2006 bli arbeidd vidare med å leggje denne til rette slik at det blir den sentrale nettstaden for informasjon om miljøteknologi i Noreg.

SFT har etablert eit samarbeid med aktørar innan skipsfarts-, samferdsle- og byggsektorane i 2005 med sikte på å fremje utvikling og bruk av miljøteknologi. Samarbeidet vil bli vidareført i 2006.

Det blir òg gitt støtte til kompetanseformidling og informasjon om miljøvennleg produksjon og forbruk, jf. kap. 1400 post 73, programkategori 12.10.

Arbeidsmål 4. Sikre rammevilkår og verkemiddel som varig styrkjer det regionale og lokale miljøvernarbeidet.

Oppgåver på regionalt nivå

Den regionale miljøforvaltninga er lagt til fylkesmennene, som skal sjå til at nasjonale miljømål blir omsette til regionale og lokale mål og tiltak. Fylkesmannen har ei sentral rolle i samband med samarbeid og samordning med andre sektorar og forvaltar dessutan delar av lovverket på miljøvernområdet. Fylkesmannens arbeidsoppgåver skal vere i samsvar med Regjeringas prioriteringar. Der internasjonale konvensjonar medfører regionale plikter, må dette prioriterast. Samla sett er miljøvernavdelinganes innsats i hovudsak retta mot resultatområda 1. Berekraftig bruk og vern av biologisk mangfald, 2. Friluftsliv, 4. Overgjødsling og oljeforureining, 5. Helse og miljøfarlege kjemikaliar, 6. Avfall og gjenvinning, 7. Klimaendringar, luftforureining og støy og 9. Regional planlegging. I tillegg har Miljøverndepartementet ansvaret for andre avdelingar hos fylkesmannen når det gjeld område av meir tverrsektoriell karakter under resultatområda 9. Regional planlegging og 10. Kart og geodata. Fylkesmannens viktigaste oppgåver er knytte til:

  • Verneplanarbeidet der tempoet skal haldast oppe i tråd med gjeldande framdriftsplanar for nasjonalparkplanen, sluttføring av dei fylkesvise verneplanane, marin verneplan og vidareføring av arbeidet med nytt skogvern, under dette vern av skog på statsgrunn.

  • Forvaltning av verneområda, under dette utarbeiding av forvaltningsplanar for dei mest brukte nasjonalparkane.

  • Bevaring av villaksen som er eit nasjonalt satsingsområde der etablering av nasjonale laksevassdrag og laksefjordar er det viktigaste nasjonale løftet. Oppfølginga av denne ordninga blir derfor høgt prioritert. Fylkesmennenes arbeid med kartlegging av bestandssituasjonen er viktig i eit nasjonalt perspektiv og må prioriterast. Vidare skal kampen mot lakseparasitten Gyrodactylus salaris førast vidare.

  • Rovviltforvaltninga, der arbeidet skal førast vidare i tråd med Stortingets behandling av St.meld. nr. 15 (2003-2004) Rovvilt i norsk natur. Regionale rovviltnemnder får eit hovudansvar. Eit fylkesmannsembete i kvar region er sekretariat for nemndene. Fylkesmennene skal fatte enkeltvedtak knytte til felling av rovvilt innafor dei rammene som rovviltnemndene set. Fylkesmannen får vidare ansvar knytt til betre samordning av landbrukspolitiske, reindriftspolitiske og miljøvernpolitiske verkemiddel på regionalt nivå.

  • Friluftsliv, der det skal leggjast til rette for friluftsliv og sikre allmenta tilgang til friluftsområde. Fylkesmennene må halde god framdrift i arbeidet med sikring av friluftsområde, særleg i strandsona.

  • Samordning og styrking av kunnskap, jf. St.meld. nr. 21 (2004-2005 ) Regjeringens miljøvernpolitikk og rikets miljøtilstand. Blant anna skal den kommunale kartlegginga av biologisk mangfald førast vidare med fokus på kartlegging i ferskvatn og kystnære sjøområde. Fylkesmannen har ei svært viktig rolle i samband med innhenting og kvalitetssikring av data frå kommunane, og i å vere aktiv i ei felles geodataforvaltning og kompetanseheving i bruken av geografisk informasjon.

  • Heilskapleg vassforvaltning. Syte for den regionale gjennomføringa av forskrift om rammer for vassforvaltning, anten som vassregionstyresmakt eller ved fylkesvise innspel til vassregionstyresmakta og deltaking i vassregionutvalet.

  • Utøve mynde i forhold til kommunanes avløps- og avfallsverksemd, havbruksnæringa og ulike industribransjar.

  • Arbeidet med forureina sediment og grunn skal styrkjast. Fylkesmannen skal prioritere utarbeiding av fylkesvise tiltaksplanar for dei mest forureina fjordsedimenta. Arbeidet med å nå dei nasjonale måla innan forureina grunn inneber ein stadig innsats for fylkesmannen i form av opprydding og/eller granskingar. Tilsyn i form av kontroll og reaksjon skal styrkjast for å sikre etterleving av regelverket. Fylkesmannen skal reagere raskt og strengt på alvorlege brot på forureinings- og produktkontrollova. Fylkesmannen har vidare ei viktig rolle når det gjeld oppfølginga av EUs avløpsdirektiv.

  • Ansvar for regional stat si deltaking og medverknad i den regionale planlegginga, og ansvaret for at nasjonal politikk blir formidla og teken vare på. Fylkesmannen har òg ei oppgåve i å samordne dei statlege interessene i planarbeidet, utføre mekling i motsegnsaker og behandle klager på regulerings- og utbyggingsplanar.

  • Informasjon er eit prioritert verkemiddel for heile miljøvernforvaltninga. Fylkesmannen skal derfor framleis ha skarpt fokus på innhenting, kvalitetssikring, levering og forvaltning av miljø- og geodata. Dataforvaltninga skjer ved hjelp av sentrale fagsystem som er ein del av den nasjonale geografiske infrastrukturen. Vidare skal fylkesmannen formidle kunnskap om utvikling i miljøtilstand og arealbruk.

  • Fylkesmannen skal i sin dialog med kommunane om prioriterte miljøutfordringar utnytte skjønnsmidlane strategisk.

Ein viser elles til Moderniseringsdepartementets budsjettproposisjon, Programkategori 01.10 Fylkesmennene.

Eit meir effektivt lokalt miljøvern.

Kommunanes innsats er nødvendig for at Noreg skal lukkast i miljøvernpolitikken. Ei lokal forankring og eit lokalt engasjement er òg nødvendig for å gi legitimitet til ein offensiv nasjonal miljøvernpolitikk.

Dei seinare åra har fokus i kommunesektoren i aukande grad vore retta mot effektivisering av tenesteproduksjonen. Dette har gjort det til ei utfordring i det heile å få merksemd på det langsiktige plan- og miljøvernarbeidet i kommunane. Det er på trass av dette bygd opp mykje kunnskap og røynsle frå lokalt miljøvernarbeid dei siste 10 – 15 åra. Vidareutvikling og systematisk formidling av denne kunnskapen til flest mogeleg kommunar, slik at dei ser handlingsrommet og gjennomfører miljøretta tiltak, vil kunne utgjere eit betydeleg bidrag til den samla måloppnåinga i den nasjonale miljøvernpolitikken. Ei slik arbeidsform vil òg gi fornya lokal merksemd og kompetanse innan miljøområdet.

Som oppfølging av St.meld. nr 21 (2004-2005) Regjeringens miljøvernpolitikk og rikets miljøtilstand vil regjeringa arbeide for å styrkje den lokale forankringa av miljøvernpolitikken. Gjennom å organisere læringsnettverk der dei mest offensive miljøkommunane går føre, skal miljøvern og berekraftig samfunnsutvikling setjast tydelegare på den lokalpolitiske dagsordenen. Sentrale område er blant anna arealpolitikken, innkjøpspolitikken, klima og energi, miljøsamarbeid med lokalsamfunn i Sør, ressursforvaltning og biologisk mangfald, kulturminne og kulturmiljø og livskvalitet, folkehelse og friluftsliv. Nettverksgrupper av kommunar, leia av KS med miljøfagleg bistand frå ei rekkje aktørar, skal arbeide med konkrete tiltak innafor dei ulike prioriterte miljøområda.

Med dei informasjonssystema og verktøya ein i dag rår over, blir ei slik arbeidsform rekna som svært effektiv og målretta. Ein vil knyte seg opp mot aktuelle og pågåande prosessar i den enkelte kommunen for å forsterke desse i miljøvennleg retning. Det vil bli lagt vekt på formidling av gode eksempel og å utvikle verktøy og verkemiddel som synleggjer og integrerer miljøvern i kommunanes ordinære plan- og styringssystem. Vidareutvikling av KOSTRA med tilhøyrande nøkkeltal vil inngå i arbeidet. For å oppnå ein varig læringseffekt vil programperioden vere 2006 – 2010.

Arbeidsmål 5. Sikre god informasjon og kommunikasjon med ulike målgrupper om lokale, nasjonale og globale utfordringar.

Pressa og frivillige organisasjonar er viktige målgrupper for Miljøverndepartementet. Vi legg derfor særleg vekt på at desse gruppene får god tilgang til informasjon, slik at dei på sin måte kan formidle vidare til sine målgrupper.

Pressereiser i samband med nasjonale og internasjonale møte der miljøvernministeren deltek er blant tiltak som blir nytta. På tradisjonell måte blir det utarbeidd artiklar og kronikkar til aviser og tidsskrifter, og det blir også arrangert pressekonferansar ved viktige hendingar.

Godt samarbeid med organisasjonane er viktig for departementet, og driftstilskot til dei frivillige organisasjonane er eit nyttig verkemiddel for å styrkje aktivitet og deltaking.

I tillegg til media er Internett ein viktig kanal for informasjonsformidling frå Miljøverndepartementet og underliggjande etatar. Store mengder miljøinformasjon er gjort tilgjengeleg gjennom nettstadene til miljøvernforvaltninga. Departementsinngangen www.miljo.no gir full oversikt over informasjonstilbodet frå miljøforvaltninga. Miljøstatus i Noreg (www.miljostatus.no) er inngangen til fakta og annan informasjon knytt til tilstand og utvikling for dei miljøvernpolitiske resultatområda. Det er etatane sitt ansvar å oppdatere denne informasjonen. Departementets internettsider skal vere ein formidlingskanal i tråd med lov om rett til miljøinformasjon. Eitt døme er høyringssaker der også høyringsfråsegnene blir lagt ut på nettet. Informasjonssidene om EU/EØS er eit anna døme. Dei gir brukarane informasjon om arbeidet i EU/EØS i god tid og dermed høve til å påverke prosessen. Bruken av Internett er ein viktig del av strategien for IKT i miljøvernforvaltninga der utvikling av interaktive, brukartilpassa informasjonsløysingar er sentrale mål.

Det blir sett av midlar til ulike informasjonstiltak og aktivitetar, m.a. til samarbeidsprosjekt med andre aktørar. Informasjon i samband med aktuelle stortingsmeldingar, m.a. oppfølging av kulturminnemeldinga og meldinga om Regjeringas miljøvernpolitikk og rikets miljøtilstand står sentralt.

For å formidle nyhende, avgjerder og tolkingsfråsegner innan planlegging etter plan- og bygningslova og kartforvaltning, gir departementet ut publikasjonane P lannytt og Planjuss. Publikasjonane er retta mot folk som arbeider i privat og offentleg verksemd.

Internasjonale standardar for tilgjenge, WAI (Web accessability initiative) skal innarbeidast på miljøvernforvaltningas internettsider. Opplesing med syntetisk tale blir prøvd ut på nokre sentrale sider. Nettstaden www.universell-utforming.miljo.no som er knytt til Regjeringas handlingsplan for auka tilgjenge, har vore banebrytande på dette feltet i Noreg.

Departementet har eit nært samarbeid med dei underliggjande etatane om informasjon til utvalde målgrupper.

Verkemiddel

Resultatområdet er planlagt finansiert med 583,2 mill. kroner over Miljøverndepartementets budsjett for år 2006. Resultatområdet omfattar innsatsen av områdeovergripande verkemiddel og fellesoppgåver på tvers av alle resultatområda 1-10, og blir finansiert av alle delar av miljøvernforvaltninga, jf. kap. 1400, 1410, 1425, 1426, 1427, 1429, 1432, 1441, 1465 og 1471. Tilskot til dei frivillige miljøvernorganisasjonane er òg eit viktig verkemiddel for å styrkje medverknad og engasjement omkring ulike miljøspørsmål, jf. kap. 1400, post 70. Tilskot til andre organisasjonar eller prosjekt som bidrar til å påverke produksjons- og forbruksmønsteret ved å byggje opp og formidle kompetanse om miljøvennleg produksjon og forbruk er òg sentralt, jf. kap. 1400, post 73. For år 2006 er det totalt avsett 94,1 mill. kroner til miljøovervaking over Miljøverndepartementets budsjett, jf. kap. 1410, post 21.

I tillegg blir lønn og drift av fylkesmannens miljøvernavdelingar finansierte over kap. 1510 Fylkesmannsembeta, jf. St.prp. nr. 1 (2005-2006) for Moderniseringsdepartementet.

Miljøverndepartementet utviklar og forvaltar ei rekkje lover, reglar og instruksar som har innverknad på miljøsektoren og plansida, f.eks. plan- og bygningslova, forureiningslova, naturvernlova m.m.

Ein effektiv og målretta organisasjon er eit avgjerande verkemiddel for gjennomføring av Miljøverndepartementets mål.

Til forsida