Del 3
Miljøverndepartementets budsjettforslag for 2006
Programkategori 12.10 Fellesoppgåver, regional planlegging, forsking, internasjonalt arbeid m.m.
Utgiftene under programkategori 12.10 kan førast attende til alle resultatområda. Ein viser til innleiinga i del II der det blir gjort greie for budsjettendringar i 2006 innafor dei ulike resultatområda.
Foreslått løyving knytt til programkategorien for 2006 er på 810,5 mill. kroner inkl. meirverdiavgift. Dette er ein auke på 160,4 mill. kroner, eller 24,7 pst. samanlikna med saldert budsjett for 2005. Auken skuldast i hovudsak ei løyving til nikkelverket på Kola på 109 mill. kroner. Regjeringa legg vidare opp til ein auke i løyvingane til miljøretta forsking og overvaking på 31,6 mill. kroner i 2006. Det blir dessutan foreslått å opprette ein ny post til arbeidet med å utvikle miljøvernpolitikken på lokalt nivå med ei løyving på 10 mill. kroner.
Frå 2006 er det innført ei ordning med nøytral meirverdiavgift for staten. Ordninga er innretta slik at meirverdiavgifta blir budsjettert på eit eige felles utgiftskapittel til dekning av meirverdiavgift i statsforvaltninga. Ordninga er nærare omtalt under kapittel 5 i del I. Frå denne programkategorien er det rammeoverført 20,2 mill. kroner til dette kapitlet.
Utgifter under programkategori 12.10 fordelte på kapittel
(i 1 000 kr) | |||||
---|---|---|---|---|---|
Kap. | Nemning | Rekneskap 2004 | Saldert budsjett 2005 | Forslag 2006 | Pst. endr. 05/06 |
1400 | Miljøverndepartementet (jf. kap. 4400) | 344 600 | 334 667 | 456 808 | 36,5 |
1410 | Miljøvernforsking og miljøovervaking (jf. kap. 4410) | 313 408 | 315 412 | 333 485 | 5,7 |
Sum kategori 12.10 | 658 008 | 650 079 | 790 293 | 21,6 |
Kap. 1400 Miljøverndepartementet (jf. kap. 4400)
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2004 | Saldert budsjett 2005 | Forslag 2006 |
01 | Driftsutgifter | 154 424 | 159 687 | 158 459 |
21 | Spesielle driftsutgifter | 46 345 | 37 789 | 41 896 |
70 | Grunnstøtte til frivillige miljøvernorganisasjonar | 25 912 | 30 000 | 31 000 |
71 | Internasjonale organisasjonar | 36 006 | 38 007 | 38 507 |
72 | Miljøverntiltak i nordområda , kan overførast | 6 500 | 7 000 | 7 000 |
73 | Tilskot til kompetanseformidling og informasjon om miljøvennleg produksjon og forbruk , kan overførast | 28 713 | 23 713 | 21 200 |
74 | Tilskot til AMAP , kan overførast | 2 200 | 2 200 | 2 200 |
75 | Miljøvennleg byutvikling , kan overførast | 3 515 | 5 000 | 5 000 |
76 | Støtte til nasjonale og internasjonale miljøtiltak , kan overførast | 8 355 | 8 371 | 9 046 |
77 | Oppfylling av garantiansvar | 12 065 | ||
78 | Miljøtiltak til nikkelverka på Kola , kan overførast, kan nyttast under post 21 | 20 564 | 109 000 | |
79 | Den nordiske verdsarvstiftelsen | 3 500 | 3 500 | |
80 | Tilskot til universell utforming og tilgjenge for alle , kan overførast, kan nyttast under post 21 | 19 400 | 20 000 | |
81 | Tilskot til lokalt miljøvern og berekraftige lokalsamfunn , kan overførast, kan nyttast under post 21 | 10 000 | ||
Sum kap. 1400 | 344 600 | 334 667 | 456 808 |
Post 01 Driftsutgifter
Midlane under posten er retta mot alle resultatområda.
Løyvinga dekkjer dei ordinære driftsutgiftene som er naudsynte for at Miljøverndepartementet skal kunne halde ved lag ei forsvarleg verksemd. Om lag to tredelar av løyvinga gjeld lønn til fast tilsette i departementet. I perioden 1. mars 2001 – 1. mars 2005 er talet på årsverk i departementet redusert frå 256 til 223.
Om lag ein tredel av løyvinga går til å dekkje husleige, fornying av materiell, inventar og utstyr, bl.a. drift og utvikling av IT-anlegget til departementet, reiseutgifter, kurs- og konferanseverksemd og tiltak for kompetanseutvikling. Av desse fellesutgiftene er husleige og IT-utgifter dei største. Departementet har òg høge reiseutgifter pga. det internasjonale miljøvernarbeidet.
I 2006 er det foreslått ei totalløyving til tiltaka under posten på 163,2 mill. kroner inkl. meirverdiavgift. Dette er ein auke frå 2005-budsjettet på om lag 3,5 mill. kroner. Meirverdiavgifta knytt til denne posten er frå 2006 budsjettert på eit eige utgiftskapittel til dekning av meirverdiavgift i statsforvaltninga. Om lag 4,7 mill. kroner er som følgje av dette rammeoverført til kap. 1633 Nettoordning statleg betalt meirverdiavgift, post 01 Driftsutgifter i 2006. Dette vil ikkje få innverknad i forhold til aktivitetsnivået på posten. Meirinntekter under kap. 4400 post 02 Ymse Inntekter gir grunnlag for tilsvarande meirutgifter under denne posten, jf. Forslag til vedtak II nr. 1.
Post 21 Spesielle driftsutgifter
Midlane under posten er retta mot alle resultatområda.
Løyvinga på denne posten dekkjer utgifter til kjøp av utgreiingar og lønn til mellombels tilsette som er knytte til faglege prosjekt. Prosjekta relaterer seg til heile miljøvernforvaltningas ansvarsområde.
Miljøvernpolitikken står overfor store utfordringar og det er viktig å ha eit grundig fagleg fundament for den politikken som blir lagt opp. Det er derfor viktig å ha midlar til å kunne utgreie nye politiske satsingar, tiltak og verkemiddel og konsekvensar av dei, og til å kunne evaluere gjennomført politikk med sikte på vidare utvikling.
På miljøvernområdet er det få sterke interessegrupper som har ressursar til på sjølvstendig grunnlag å utføre djuptgåande faglege utgreiingar som utgangspunkt for å fremje politiske synspunkt. På den andre sida står miljøvernet overfor ressurssterke interessegrupper med både utgreiings- og påverknadskraft, og som har andre interesser enn miljøvern. Det er derfor viktig at Miljøverndepartementet har tilstrekkelege ressursar til å kunne initiere utgreiingar av ny politikk og evaluere politiske tiltak og verkemiddel som er sette i gang eller gjennomførte. I tillegg blir ressursar nytta til å vurdere miljøkonsekvensar av forslag som blir fremja frå andre sektorar.
I 2006 er det foreslått ein auke til tiltaka under posten på om lag 6 mill. kroner. 1,9 mill. kroner av dette beløpet er budsjetterte under det nyoppretta utgiftskapitlet til dekning av meirverdiavgift, kap. 1633 Nettoordning statleg betalt meirverdiavgift post 01 Driftsutgifter. Løyvinga som er foreslått i 2006-budsjettet vil bl.a. bli nytta til å føre vidare arbeidet med ein heilskapleg forvaltningsplan for Barentshavet og rammedirektivet for vatn, samt kartlegging av miljøgifter i naturen og i produkt.
Det er vidare avsett midlar til å føre vidare arbeidet (m.a. til naudsynte utgreiingar og samfunnskontakt) til Lågutsleppsutvalet som vart sett ned i 2005. Utvalet vil leggje fram utgreiinga si mot slutten av 2006.
I tillegg vil posten dekkje arbeid med vurderingar av om relevant lovverk og administrative ordningar tek tilstrekkeleg høgde for den klimapolitiske utfordringa. Miljøverndepartementet vil også i samarbeid med andre departement arbeide med ein strategi for tilpassingstiltak til klimaendringar i Noreg. Tiltak for villaksen, bevaring av fjellreven og kontroll av ulovleg og ikkje berekraftig tømmerhogst er andre viktige saksområde som det blir løyvd midlar til under denne posten.
Meirinntekter under kap. 4400 post 21 Oppdragsinntekter gir grunnlag for tilsvarande meirutgifter under denne posten, jf. Forslag til vedtak II nr. 1.
Post 70 Grunnstøtte til frivillige miljøvernorganisasjonar
Midlane under posten er retta mot resultatområde 11 Områdeovergripande verkemiddel og fellesoppgåver.
Posten omfattar all grunnstøtte til frivillige miljøvernorganisasjonar som blir gitt over budsjettet til Miljøverndepartementet. Støtte blir gitt til organisasjonar som har sitt kjerneområde direkte knytt til miljøvern eller fagspesifikke område.
Posten vart auka med 15 pst. frå 2004 til 2005. Løyvinga for 2006 er auka med 1 mill. kroner i forhold til 2005-budsjettet.
Mål
Tilskotsordninga skal medverke til å halde oppe eit breitt utval av demokratisk oppbygde, landsomfattande organisasjonar med miljøvern som hovudarbeidsfelt, for å sikre frivillig engasjement og styrkje medverknaden i miljøvernspørsmål lokalt, regionalt og sentralt, basert på fagleg innsikt. Storleiken på driftstilskota blir fastsett bl.a. ut frå ei vurdering av organisasjonanes aktivitetsnivå lokalt, økonomien deira og alternative høve til finansiering, saman med medlemstalet i organisasjonane.
Oppfølging og kontroll
Oppfølging og kontroll går føre seg ved generell formalia- og sannsynskontroll av innsende årsmeldingar, og rekneskap stadfest av revisor.
Tabell 18.1 Grunnstøtte til frivillige miljøvernorganisasjonar
Organisasjon | Rekneskap 2004 | Vedtatt budsjett 2005 | Forslag 2006 |
---|---|---|---|
Norges Naturvernforbund | 4 480 | 5 152 | 5 324 |
Framtiden i våre hender | 1 645 | 1 892 | 1 955 |
Den Norske Turistforening | 3 009 | 3 460 | 3 575 |
Norges Jeger- og fiskerforbund | 4 123 | 4 742 | 4 900 |
Friluftslivets fellesorganisasjon | 2 033 | 2 338 | 2 415 |
Norsk Ornitologisk Forening | 1 241 | 1 427 | 1 475 |
Norges kulturvernforbund | 559 | 643 | 664 |
Fortidsminneforeningen | 2 630 | 3 025 | 3 125 |
Forbundet Kysten | 1 113 | 1 280 | 1 323 |
Norsk forening for fartøyvern | 1 017 | 1 170 | 1 210 |
Natur og Ungdom | 883 | 1 015 | 1 049 |
Norges Miljøvernforbund | 176 | 202 | 209 |
WWF-Norge | 471 | 541 | 560 |
Norsk forening mot Støy | 671 | 772 | 798 |
Norsk Vannforening | 192 | 220 | 227 |
Samarbeidsrådet for biologisk mangfold | 589 | 677 | 700 |
Norsk Biologforening | 81 | 95 | 98 |
Norsk Zoologisk Foreining | 54 | 63 | 65 |
Norsk Entomologisk Forening | 81 | 95 | 98 |
Norsk Botanisk Foreining | 81 | 95 | 98 |
Foreningen Våre Rovdyr | 130 | 153 | 158 |
Noregs Sopp- og nyttevekstforening | 50 | 60 | 62 |
Blekkulfs miljødektektiver | 603 | 883 | 912 |
Sum | 25 912 | 30 000 | 31 000 |
Departementet tek atterhald og vurderer fortløpande, basert på innkomne søknader, om organisasjonar som blir tildelte grunnstøtte tilfredsstiller kriteria for å ta imot støtte på denne posten.
Post 71 Internasjonale organisasjonar
Midlane under posten er retta mot resultatområde 8 Internasjonalt miljøvernsamarbeid og miljøvern i nord- og polarområda.
Auken på posten i forhold til budsjettet 2006 er knytt til at både Kyotoprotokollen (under Klimakonvensjonen) og Cartagenaprotokollen (under Biodiversitetskonvensjonen) no har trådd i kraft.
Mål
Målsetjinga med løyvinga er å medverke til å halde ved lag drifta av organisasjonar som utfører viktig miljøretta arbeid av verdi for Noreg.
Løyvinga skal dekkje obligatoriske bidrag til internasjonale organisasjonar der Noreg deltek aktivt. Løyvinga under denne posten er ei direkte følgje av at Stortinget har ratifisert avtaler med budsjettbindingar, eller at Regjeringa har vedteke norsk medlemskap. I tillegg blir det gitt eit frivillig bidrag til FNs miljøfond (UNEP). Ordninga er ikkje open for søknad.
Følgjande internasjonale organisasjonar får bidrag:
FNs miljøfond (UNEP)
Den internasjonale hydrografiske organisasjon (IHO)
Den internasjonale naturvernunionen (IUCN)
Fellessekretariat for Oslo- og Pariskonvensjonane og Bonnavtala (oljeforureining)
Interimsekretariat for Ramsarkonvensjonen (vern av våtmarker)
Konvensjonen om internasjonal handel med truga arter (CITES)
Konvensjonen om trekkjande arter av ville dyr (Bonnkonvensjonen)
Konvensjonen om vern av ozonlaget (Wienkonvensjonen)
Protokoll om stoff som reduserer ozonlaget (Montrealprotokollen).
Den nordatlantiske laksevernorganisasjonen (NASCO)
Konvensjonen om biologisk mangfald (Biodiversitetskonvensjonen/CBD)
Cartagena-protokollen om genmodifiserte organismar
Internasjonalt studiesenter for bevaring og restaurering av kulturminnesmerke (ICCROM)
Det europeiske overvakingsprogrammet for langtransport av luftforureiningar (EMEP)
Konvensjonen om kontroll med grenseoverskridande transport av farleg avfall (Baselkonvensjonen)
Miljøverndepartementets del av det norske bidraget til grunnkapital i Det nordiske miljøfinansieringsselskapet (NEFCO)
Det europeiske miljøvernbyrået (EEA)
FNs klimapanel (IPCC)
FNs Rammekonvensjon om klimaendringar (UNFCCC)
Kyotoprotokollen
Stockholmkonvensjonen om persistente organiske sambindingar (POP)
Rotterdamkonvensjonen om notifikasjon og forhandssamtykke ved eksport av kjemikaliar
Århuskonvensjonen om miljøinformasjon
International Council of Monuments and Sites (ICOMOS)
Oppfølging og kontroll
Kontroll og oppfølging av organisasjonane skjer ved generell formaliakontroll av reviderte rekneskapar og årsrapportar, deltaking i generalforsamlingar, årsmøte og liknande.
Post 72 Miljøverntiltak i nordområda, kan overførast
Midlane under posten er retta mot resultatområde 8 Internasjonalt miljøvernsamarbeid og miljøvern i nord- og polarområda. Løyvinga er oppretta for å styrkje miljøvernkompetansen retta mot nordområda. Ordninga er ikkje open for søknad. Relevante tilskotsmottakarar blir tilskrivne.
A: Tilskot til drift av Polarmiljøsenteret A/S
Mål:
Målet med ordninga er utvikling av Polarmiljøsenteret A/S i Tromsø slik at selskapet kan løyse fellesoppgåver knytte til drifta av Polarmiljøsenteret på ein økonomisk og fagleg effektiv måte. Vidare skal selskapet ha som oppgåve å formidle informasjon om og profilering av Polarmiljøsenteret nasjonalt og internasjonalt.
Oppfølging og kontroll:
I tillegg til fagleg kontakt blir det motteke årsrapportar om gjennomførte aktivitetar og reviderte rekneskapsrapportar frå tilskotsmottakar. Kontroll skjer ved fagleg og generell formaliakontroll av årsrapport og rekneskap, ved kontroll av tilskotsmottakaren si faktiske etablering i senteret og ved at tre av departementets direktorat deltek i selskapets styre.
B: Tilskot til FoU-verksemd
Mål:
Målet med tilskotsordninga er å styrkje miljøvernkompetansen retta mot nordområda. Målgruppa for tilskotsordninga er samarbeidande forskingsinstitutt som er deltakarar i Polarmiljøsenteret.
Kriterium for måloppnåing:
Vi måler omfanget av og kvaliteten og relevansen i forskingsresultat framlagt i form av rapportar og artiklar i nasjonale og internasjonale tidsskrift.
Oppfølging og kontroll:
Forskingsinstitutta og andre som får tilskot rapporterer på talet FoU-prosjekt som er sette i verk og avslutta, mengda av publiserte og selde publikasjonar, under dette også ved internasjonal referee. Vidare blir det motteke årsrapportar med omsyn til det vitskapelege samarbeidet i senteret og reviderte rekneskapsoversikter for tilskota. Kontroll skjer ved fagleg gjennomgang og generell formaliakontroll av dei innsende rapportane.
C: Tilskot til polarattraksjonen Polaria
Mål:
Målet med tilskotsordninga er å sikre fornying av utstillingar.
Oppfølging og kontroll:
Rapport og revidert rekneskap blir innhenta frå Stiftelsen Polaria. Kontroll skjer ved generell formaliakontroll av årsrapport og rekneskap.
Evaluering:
Det blir gjennomført ei ekstern evaluering av heile posten hausten 2005.
Post 73 Tilskot til kompetanseformidling og informasjon om miljøvennleg produksjon og forbruk, kan overførast
Midlane under denne posten er retta mot resultatområda 6 Avfall og gjenvinning, 7 Klimaendringar, luftforureining og støy, 9 Regional planlegging og 11 Områdeovergripande verkemiddel og fellesoppgåver.
Løyvinga er redusert med 2,5 mill. kroner i 2006. Dette har samanheng med at enkelte program blir avslutta i 2005, jf. omtala under.
Mål
Målet med tilskotsordninga er å påverke produksjons- og forbruksmønsteret ved å byggje opp og formidle kompetanse om miljøvennleg produksjon og forbruk, og stimulere til berekraftig praksis i næringsliv, hushald og offentleg verksemd.
Ordninga vil i 2006 omfatte:
Drifts- og prosjekttilskot til Stiftelsen for berekraftig produksjon og forbruk, GRIP Senter, som skal utvikle og formidle metodar, verktøy og informasjon som hjelper, motiverer og gjer det enklare for private og offentlege verksemder å bli meir miljøeffektive, og auke verdiskapinga med redusert ressursbruk og miljøbelastning GRIP senter er eit sentralt verkemiddel i samband med Miljøverndepartementets satsing på miljømedvitne offentlege anskaffingar, Grøn stat og reiseliv, økoturisme og destinasjonsutvikling. Tilskotet i 2006 vil i hovudsak gå til desse satsingsområda.
Drifts- og prosjekttilskot til Grønn Hverdag – Miljøheimevernet. Verksemda skal gjennom praktiske råd og løysingsforslag påverke bl.a. forbrukarane til meir miljøvennleg åtferd.
Drifts- og prosjekttilskot til Stiftelsen Idébanken. Stiftelsen har som formål å fremje og formidle praktiske, lokale forsøk på å realisere ei berekraftig utvikling og gjere synleg det lokale handlingsrommet som finst.
Driftstilskot til stiftelsen Miljømerking i Noreg, som skal stimulere næringslivet si satsing på å utvikle meir miljøvennlege produkt og stimulere forbrukarane til val av desse (ordninga er nærare omtalt i Barne- og familiedepartementets budsjettproposisjon).
Det er avsett tilskot til miljøstiftelsen Bellona og Zero (Zero Emission Resource Organisation). Tilskota blir gitt på grunnlag av søknad for arbeid med innsamling, samanstilling og formidling av kunnskap om meir miljøvennleg energi- og miljøteknologi.
Prosjekttilskot til LOOP, ein stiftelse som arbeider med å gi meir heilskapleg og samordna informasjon til næringsliv, kommunar og forbrukarar om handtering av alle typar avfall, under dette spesialavfall.
Ordninga har tidlegare også omfatta tilskot til ORIO-programmet, Stiftelsen Miljøfyrtårn og prosjektet «07-06-05». Det femårig programmet for auka gjenvinning av våtorganisk avfall og slam, ORIO, vart oppretta i 1999 og skulle etter føresetnadene avsluttast i 2004. Programmet har også motteke noko tilskot i 2005, men vil ved utgangen av dette året bli avslutta i si noverande form. Prosjektet «07-06-05 Tid for forandring» vart oppretta i 2000 for å skape auka oppslutning om miljøvernarbeidet, blant anna ved hjelp av nye kommunikasjonsmåtar som kan nå nye målgrupper. Prosjektet har heile tida vore planlagt avslutta i 2005 og vil ikkje bli ført vidare i 2006. Stiftelsen Miljøfyrtårn skal medverke til å motivere kommunar og lokalt næringsliv til å bli meir miljøeffektive. Miljøfyrtårn mottok tilskot for første gongen i 2000 og tilskotet skulle ha vore avslutta i 2002. Intensjonen er at ordninga skal finansierast av brukarane. For å lette overgangen frå program til stiftelse har Miljøfyrtårn likevel motteke tilskot utover denne perioden. Miljøverndepartementet føreset at overgangen til stiftelse er gjennomført, og tilskotet til Stiftelsen Miljøfyrtårn blir avslutta i 2005.
Kriterium for måloppnåing
I tillegg til det overordna målet for tilskotsposten er det utarbeidd meir konkrete arbeidsmål for dei enkelte verksemdene som mottek støtte. Desse måla går fram av tilsegnsbrevet til den enkelte verksemda. Ved å ta utgangspunkt i tiltak, aktivitetar og prosjekt som har vore gjennomførte, skal verksemdene gjere greie for effektane av dette og knyte det til fastsette arbeidsmål, relevante nasjonale miljømål og mål for berekraftig utvikling nedfelt i Nasjonal Agenda 21.
Miljøverndepartementet arbeider kontinuerleg for å betre opplegget for resultatrapportering frå verksemdene og gjere dette meir systematisk og straumlinjeforma. For betre å kunne dokumentere og synleggjere effektane av arbeidet til verksemdene vart det i 2004 sett i gang eit arbeid for å utarbeide formålstenlege indikatorar/suksesskriterium for kvar enkelt verksemd.
Tildelingskriterium
Tildeling av midlar er basert på verksemdas resultat frå føregåande år og ein konkret søknad om midlar for kommande periode, sett opp mot prioriterte nasjonale miljø- og berekraftsmål.
Oppfølging og kontroll
Drifts- og prosjekttilskota blir følgde opp gjennom krav som blir fastsette i kvart enkelt tilsegnsbrev. Det blir motteke årsrapport og/eller rekneskapsoversikt for alle tilsegner, i tillegg til at det er fagleg kontakt med dei enkelte tilskotsmottakarane.
Evaluering
Det har vore gjennomført ei evaluering av verksemdene GRIP senter, Stiftelsen Idébanken, LOOP og Miljøheimevernet/Grønn hverdag. I 2004 har det vore ein prosess for å utløyse effektiviseringsgevinstar som ei oppfølging av evalueringa. I tilskota til organisasjonane i 2004 og 2005 er det stilt krav som skal sikre auka effektivitet i tråd med resultata frå evalueringa.
Post 74 Tilskot til AMAP, kan overførast
Løyvinga medverkar til å oppnå måla på resultatområde 8 Internasjonalt miljøvernsamarbeid og miljøvern i nord- og polarområda.
Mål
Dette er ei internasjonal forplikting Noreg har påteke seg, og målet med løyvinga er å sikre vidareføring av programmet for arktisk miljøovervaking (AMAP) gjennom tilskot til drift av stiftinga AMAP.
Stiftinga AMAP vart oppretta av Miljøverndepartementet 24. juni 1997. Det internasjonale miljøvernsamarbeidet under den arktiske miljøvernstrategien (AEPS) tok sikte på å redusere negative miljøverknader av den aukande økonomiske aktiviteten i området. AEPS-samarbeidet er no integrert i det breiare samarbeidet i Arktisk Råd. Miljøovervakingsprogrammet AMAP utgjer den viktigaste delen av samarbeidet.
Oppfølging og kontroll
Det blir motteke årsrapportar og reviderte rekneskapsoversikter. I tillegg er det fagleg kontakt med stiftelsen.
Post 75 Miljøvennleg byutvikling, kan overførast
Midlane under denne posten er i hovudsak retta mot resultatområde 9 Regional planlegging.
Mål
Formålet med ordninga er å utvikle og stimulere til nye løysingar som fremjar miljøvennleg byutvikling og byforvaltning.
Staten har invitert 12 byar til eit pilotprosjekt der offentlege etatar, næringsliv og bebuarorganisasjonar har gått saman om å utprøve nye miljøløysingar i byane. Det er bl.a. etablert såkalla miljøsoner, der tiltak som kan gi reinare luft, mindre støy, betre trafikktryggleik, betre tilgjenge til grøntområde og betre kulturmiljø er sett samla innafor eit avgrensa område. Groruddalen i Oslo er eitt av pilotprosjekta der fleire tiltak blir prøvde ut samla for å betre miljøet i dalen. Andre pilotprosjekt som er finansierte under posten er omforming av gamle byområde, planlegging, drift og vedlikehald av sentrumsområde og samarbeid med næringslivet om miljøvennlege arbeids- og tenestereiser.
Kriterium for måloppnåing
Arbeidet skal føre fram til konkrete planar, fysiske resultat og nye samarbeidsformer på dei prioriterte områda. Resultata frå pilotprosjekta skal ha overføringsverdi og kunne formidlast til andre byar og tettstader som står overfor tilsvarande miljøutfordringar.
Tildelingskriterium
Tildeling vil skje på grunnlag av søknader frå dei partane som deltek i pilotprosjekta. Eigenandel er ein føresetnad.
Oppfølging og kontroll
Dei tiltaka som blir sette i gang blir følgde opp fortløpande både fagleg og økonomisk. Det blir kravd fagrapportar og rekneskapsrapportar av tilskotsmottakar etter avslutta prosjekt. Kontrollen skjer ved generell formalia- og sannsynskontroll av rapportar og rekneskapar.
Evalueringar
Det vil bli sett i gang evaluering av tiltak som er sette i verk, og resultata frå evalueringa vil bli nytta i det vidare bypolitiske arbeidet lokalt, nasjonalt og internasjonalt.
Post 76 Støtte til nasjonale og internasjonale miljøtiltak, kan overførast
Midlane under denne posten gjeld resultatområda 7 Klimaendringar, luftforureining og støy og 8 Internasjonalt miljøvernsamarbeid og miljøvern i nord- og polarområda.
Løyvinga er styrkt med 675 000 kroner i 2006. Dette er tilskot til førebuing av International Childrens Conference on the Environment som blir halden i Stavanger i 2008 (375 000 kroner) og støtte til nøkkelpersonar i norske fagmiljø for å prioritere arbeidet med Klimapanelets fjerde hovudrapport (300 000 kroner).
Mål
Målet med ordninga er å styrkje arbeidet med miljøspørsmål som er svært viktige for Noreg, og å få gjennomslag for norske miljøvernpolitiske prioriteringar internasjonalt. Ordninga skal òg medverke til at Noreg gjennom nasjonale tiltak oppfyller sine internasjonale plikter når det gjeld klimaendringar, stoff som bryt ned ozonlaget og grenseoverskridande luftforureiningar. Tilskotsordninga blir kunngjort i eit eige rundskriv frå Miljøverndepartementet om alle departementets tilskotsordningar.
Tildelingskriterium
Tildeling av midlar er basert på kva resultat departementet ønskjer å oppnå i det internasjonale miljøvernsamarbeidet, eller plikter Noreg må innfri gjennom nasjonale tiltak.
Oppfølging og kontroll
Årsrapportar og reviderte rekneskapar frå gjennomførte prosjekt dannar grunnlaget for ein generell formaliakontroll.
Post 77 Oppfylling av garantiansvar for miljøvernlån
Ordninga med statsgaranterte miljølån i Industribanken (seinare Statens nærings- og distriktsutviklingsfond, SND) og garanti gitt av Industribanken på vegner av staten til pålagte reinsetiltak vart avvikla frå og med 1991. I 1991 vart det innført ei ny ordning med statsgaranterte miljøvernlån for investeringar i tiltak innan gjenvinning, spesialavfall og miljøteknologi i industrien. Denne vart avvikla frå og med 1997.
Låna er sikra mot pant eller med tilsvarande sikring, f.eks. negativ pantstillingserklæring. I tilfelle gjeldssaneringar, konkursar o.a. blir statens garantiansvar effektivt når den sikringa som er etablert ikkje eller berre delvis gir dekning for miljøvernlåna. Det årlege behovet for løyvingar kan ikkje fastsetjast, og forslag til løyving er ikkje oppført. Posten blir nytta til å innfri garantiar som er gitt i samsvar med tidlegare garantifullmakt. For at dette skal kunne skje på ein praktisk måte, og for at staten ikkje skal pådra seg unødige rentekostnader, har departementet fullmakt til å utgiftsføre utan løyving fastslåtte tap under føresetnad av at det så snart det er formålstenleg blir fremja forslag til løyving for Stortinget. Denne fullmakta blir foreslått ført vidare i 2006, jf. Forslag til vedtak III. Det var eit tap på omlag 12 mill. kroner på ordningane i 2004. Garantiansvaret for dei tre ordningane som er avvikla, men der staten framleis sit med garantiansvar, var samla sett redusert frå om lag 46 mill. kroner pr. 31. desember 2003 til om lag 27 mill. kroner ved utgangen av 2004.
Tabell 18.2 Garantifullmakter under kap. 1400 post 77
I Garanti for lån i Innovasjon Noreg (tidlegare SND) | (i 1000 kr): | |
---|---|---|
a) | Tap i 2004 | 0 |
b) | Garantiansvar 31.12.04 | 10 390 |
c) | Fullmakt, nye tilsegner i 2005 | 0 |
d) | Forslag til fullmakt, nye tilsegner i 2006 | 0 |
e) | Totalramme i 2006 | 10 390 |
II Garanti frå Innovasjon Noreg (tidlegare SND) til andre private kredittinstitusjonar på vegner av staten
(i 1000 kr) | ||
---|---|---|
a) | Tap i 2004 | 0 |
b) | Garantiansvar 31.12.04 | 248 |
c) | Fullmakt, nye tilsegner 2005 | 0 |
d) | Forslag til fullmakt, nye tilsegner i 2006 | 0 |
e) | Totalramme i 2006 | 248 |
III Statsgaranterte lån i private kredittinstitusjonar og Innovasjon Noreg (tidlegare SND)
(i 1000 kr): | ||
---|---|---|
a) | Tap i 2004 | 12 065 |
b) | Garantiansvar 31.12.04 | 16 447 |
c) | Fullmakt, nye tilsegner i 2005 | 0 |
d) | Forslag til fullmakt, nye tilsegner i 2006 | 0 |
e) | Totalramme i 2006 | 16 447 |
Post 78 Miljøtiltak til nikkelverka på Kola, kan overførast, kan nyttast under post 21
Løyvinga og tilsegnsfullmakta under denne posten gjeld resultatområde 8 Internasjonalt miljøvernsamarbeid og miljøvern i nord- og polarområda. Under behandlinga av St.prp. 84 (2000-2001) Tilleggsbevilgninger og omprioriteringer i statsbudsettet me regnet folketrygden 2001 slutta Stortinget seg til at Noreg løyver inntil 270 mill. kroner til modernisering av nikkelverket i Petsjenga på Kolahalvøya. Midlane skal òg dekkje kostnadane ved forvaltning av tilskotet. Føresetnaden for tilskotet er at det blir ein vesentleg reduksjon i utsleppa av SO2, tungmetall og støv frå anlegga, og at det vart gitt skatte- og avgiftsfritak på det norske bidraget. Under statsministerens offisielle besøk i juni 2001 vart avtale om fritak på skattar og avgifter inngått. Den nordiske investeringsbanken (NIB) er engasjert til å forvalte tilskotet. Banken skal òg yte eit lån til prosjektet i same storleik som tilskotet. Avtalane om tilskot og lån mellom NIB og eigarselskapet til nikkelverka vart underteikna første halvår 2002, om lag eit halvt år etter planane, noko som forseinka prosjektet.
Moderniseringsprosjektet er tredelt. Det går ut på å byggje briketteringsanlegg i Zapoljarny og å byggje ny smelteomn og ny svovelsyrefabrikk i Nikel. Investeringane som var planlagt til ca. 93,5 mill. USD blir finansierte med tilskotet frå Noreg og eit tilskot frå Sverige på 3 mill. USD, medan resten blir dekt av lån frå NIB (30 mill. USD) og eigendel frå Norilsk Nikel-konsernet. Eventuelle kostnadsoverskridingar skal dekkjast av Norilsk Nikel. Ombygginga starta i 2002, ca. eit halvt år forseinka. Bygginga av briketteringsanlegget i Zapoljarny går som planlagt. Norilsk Nikel-konsernet gjer i tillegg omfattande investeringar i gruvedrift, knusing og oppkonsentrering av malm i Zapoljarny. Dette er viktige investeringar for vidare drift av nikkelverket.
Det er venta ein reduksjon i utslepp av svoveldioksid, støv og tungmetall på minst 90 pst. når prosjektet er gjennomført. Dette vil gi merkbar betring av helse og miljø lokalt og for miljøet i Finnmark.
Prosjektet har blitt seinka med ytterlegare 1,5 år i forhold til tidlegare planlagt ferdigstilling som var innan utgangen av 2006. Hovudgrunnen til dette var vanskar med handteringa av dei store mengdene med svovelsyre som vil bli produserte; bl.a. vart det vurdert å nytte ein alternativ teknologi som reduserer mengda av produsert svovelsyre. NIB har no opplyst at vurderingane er avslutta og at prosjektet held fram med bruk av den opphavlege teknologien. Norilsk Nikel-konsernet har for eiga rekning bygt eit pilotanlegg av smelteomnar i Montchegorsk. Dette vil sikre at den nye smelteomnen i Nikel møter dei miljøkrava Noreg har sett. Regjeringa foreslår ei løyving i 2006 på 109 mill. kroner.
Det er avsett 0,7 mill. kroner under kap. 1400 post 21 Spesielle driftsutgifter til å dekkje utgifter ved forvaltning av tilskotet i 2006.
Rest på tilsegnsfullmakta blir etter dette 85,3 mill. kroner, jf. Forslag til vedtak VI.
Post 79 Den nordiske verdsarvstiftelsen
Midlane under posten er retta mot resultatområde 8 Internasjonalt miljøvernsamarbeid og miljøvern i polarområda.
Midlane dekkjer tilskot til Den nordiske verdsarvstiftelsen (Nordic World Heritage Foundation, NWHF) gjennom ei grunnløyving på 3,5 mill. kroner.
Mål
Målet med løyvinga er å styrkje oppfølginga av UNESCOs verdsarvskonvensjon. Den nordiske verdsarvstiftelsen skal bl.a. fungere som eit knutepunkt for den samla innsatsen frå dei nordiske landa på området, tilby teknisk ekspertise, spreie informasjon og medverke til nyskapande prosjekt, reise midlar og tilby assistanse til utviklingsland.
Oppfølging og kontroll
Det blir motteke årsrapportar og reviderte rekneskapsrapportar. Kontrollen skjer ved generell formalia- og sannsynskontroll.
Post 80 Tilskot til universell utforming og tilgjenge for alle, kan overførast, kan nyttast under post 21
Midlane under posten er retta mot resultatområde 9 Regional planlegging.
Posten vart oppretta i 2005 for å ivareta oppfølginga av St.meld. nr. 40 (2002-2003) Nedbygging av funksjonshemmende barrierer og Stortingets vedtak om ein handlingsplan for auka tilgjenge til transport, bygg, informasjon og andre viktige samfunnsområde. Planen er kalla Handlingsplan for økt tilgjengelighet for personer med nedsatt funksjonsevne – plan for universell utforming innen viktige samfunnsområder (2005-2009), og oppfølginga av planen er koordinert av Miljøverndepartementet i samarbeid med Arbeids- og sosialdepartementet.
Midlane er knytt til sektorovergripande tiltak i handlingsplanen. Ettersom offentlege instansar vil ha ansvaret for å initiere enkelte av tiltaka, er det behov for at ein del av midlane kan nyttast under post 21.
Mål
Formålet med ordninga er å støtte opp om mål, strategiar og prioriterte tiltak i handlingsplanen. Målgrupper er ulike forvaltningsnivå, offentlege og private instansar og organisasjonar.
Kriterium for måloppnåing
Ordninga skal stimulere til nytenking i utforming av produkt og tenester, byggverk og uteområde slik at alle, utan omsyn til funksjonsevne, kan nytte dei på ein likestilt måte. Ved at mange aktørar medverkar, finn ein nye løysingar som vil gi meir effektiv nytte av offentlege ressursar. Ordninga legg til grunn at det skal vere aktiv brukarmedverknad og formidling av resultata.
Tildelingskriterium
Midlar skal dekkje sektorane sitt ansvar for auka tilgjenge og til verkemiddelområda og tiltaka i handlingsplanen. Tiltak som fremjar samarbeid over sektorgrenser, forvaltningsnivå og interesseområde blir prioriterte.
Oppfølging og kontroll
Dei tiltaka som blir sette i gang vil bli følgde opp fagleg og økonomisk. Det blir kravd fagrapportar eller annan dokumentasjon på gjennomførte tiltak og rekneskap av tilskotsmottakar. Sektoranes sameinte innsats blir rapportert til Statssekretærutvalet for den sameinte politikken for funksjonshemma gjennom departementets ansvar for koordineringa av innsatsområdet.
Evaluering
Handlingsplanen for universell utforming skal evaluerast. Evalueringa vil rette seg mot verknader ved gjennomføringa av handlingsplanen innan ramma av styringsdokument og ordinære investerings- og tiltakspostar i statsbudsjettet.
Ny Post 81 Tilskot til lokalt miljøvern og berekraftige lokalsamfunn, kan overførast, kan nyttast under post 21
Midlane under posten er retta mot resultatområde 11 Områdeovergripande verkemiddel og fellesoppgåver.
Det blir foreslått oppretta ein ny tilskotspost for å følgje opp den varsla satsinga på lokalt miljøvern i St.meld. nr. 21 (2004-2005) Regjeringens miljøvernpolitikk og rikets miljøtilstand. Midlane skal nyttast til å organisere læringsnettverk og drive erfaringsformidling der dei mest offensive miljøkommunane går føre. Kunnskap og erfaring frå lokalt miljøvernarbeid skal vidareutviklast og overførast til flest mogleg kommunar på ein systematisk måte. For at satsinga skal gi varig effekt, er programperioden 5 år (2006 – 2010).
Mål
Ved å synleggjere og styrkje kommunanes rolle som samfunnsutviklar, skal det oppnåast auka gjennomslagskraft for viktige miljøomsyn innan ei rekkje politikkområde i kommunane. Konkrete resultat skal oppnåast blant anna innan arealpolitikken, innkjøpspolitikken, klima og energi, ressursforvaltning og biologisk mangfald, kulturminne og kulturmiljø, livskvalitet, folkehelse og friluftsliv. Nettverksgrupper av kommunar skal arbeide med konkrete tiltak innafor dei prioriterte miljøområda i mindre nettverk leia av KS, med miljøfagleg bistand frå ei rekkje aktørar. Deltakarane i nettverket er ein del av eit større nasjonalt nettverk med tett samarbeid mellom fagmiljø, organisasjonar og næringsliv nasjonalt og regionalt.
Kriterium for måloppnåing
Det skal leggjast vekt på eit målretta informasjonssystem og formidling av gode eksempel, slik at kommunane betre kan finne fram og ta initiativ til og gjennomføre miljøretta tiltak. Satsinga skal gi fornya lokal merksemd og kompetanse innan miljøområdet. Satsinga skal vidare leggje grunnlag for tettare kommunikasjon mellom stat og kommune innan prioriterte miljøområde. Ved at mange aktørar medverkar blir det skapt nye løysingar som også er venta å føre til meir effektiv ressursbruk knytt til tradisjonelle kontrolloppgåver.
Tildelingskriterium
Ein vesentlig del av midlane er knytt til å organisere læringsnettverk og drive erfaringsformidling. Desse midlane vil bli fordelte på bakgrunn av intensjonsavtale mellom Miljøverndepartementet og KS. Det er føresetnaden at KS bidrar med betydeleg eigeninnsats og at kommunane går inn med eigne ressursar til prosjektansvarlege og tiltak. Ein del av midlane er knytte til formidlingstiltak og støtte til pilotprosjekt med overføringsverdi.
Oppfølging og kontroll
Det skal utviklast indikatorar og leggjast til rette for målretta styring og oppfølging av tiltaka gjennom det ordinære plan- og styringssystemet. Det blir lagt opp til aktiv bruk og utvikling av KOSTRA til rapportering av oppnådde resultat innan dei prioriterte miljøområda. Arbeidet vil bli følgt opp fortløpande både fagleg og økonomisk av ei styringsgruppe der Miljøverndepartementet inngår. Årsrapport og rekneskapsoversikt vil bli utarbeidd.
Evaluering
Erfaringane og resultata vil gå inn i det ordinære konsultasjonsarbeidet mellom staten og KS og i andre relevante samhandlingsfora. Erfaringane skal nyttast til å vidareutvikle rammevilkår og verkemiddel for ein miljøvennleg praksis lokalt.
Kap. 4400 Miljøverndepartementet (jf. kap. 1400)
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2004 | Saldert budsjett 2005 | Forslag 2006 |
02 | Ymses inntekter | 1 365 | 93 | 96 |
03 | Refusjon frå Utanriksdepartementet | 840 | 643 | 664 |
16 | Refusjon frå fødselspengar/adopsjonspengar | 1 390 | ||
18 | Refusjon av sjukepengar | 1 063 | ||
21 | Oppdragsinntekter | 1 204 | 737 | 761 |
Sum kap. 4400 | 5 863 | 1 473 | 1 521 |
Post 02 Ymse inntekter
Under denne posten fører departementet meir tilfeldige inntekter, bl.a. gebyr for parkering på området til Miljøverndepartementet. Meirinntekter under denne posten gir grunnlag for tilsvarande meirutgifter under kap. 1400 post 01 Driftsutgifter, jf. Forslag til vedtak II nr. 1.
Post 03 Refusjon frå Utanriksdepartementet
Det er budsjettert med kr 664 000 i refusjon frå Utanriksdepartementet i samband med utgifter til medlemskap i Den internasjonale naturvernunionen (IUCN) som er utgiftsført over kap. 1400 post 71.
Post 21 Oppdragsinntekter
Midlane er i hovudsak refusjonar knytte til utgifter i samband med oppdrag innan miljøretta bistand. Prosjektmidlar frå Nordisk Ministerråd blir òg førte her. Eventuelle meirinntekter under denne posten gir grunnlag for tilsvarande meirutgifter under kap. 1400 post 21 Spesielle driftsutgifter, jf. Forslag til vedtak II nr. 1.
Kap. 1410 Miljøvernforsking og miljøovervaking (jf. kap. 4410)
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2004 | Saldert budsjett 2005 | Forslag 2006 |
21 | Miljøovervaking og miljødata | 86 303 | 85 657 | 85 230 |
50 | Basisløyvingar til miljøforskingsinstitutta | 88 586 | 93 086 | 102 086 |
51 | Forskingsprogram m.m. | 118 368 | 116 518 | 126 018 |
53 | Internasjonalt samarbeid om miljøvernforsking | 5 000 | 5 000 | 5 000 |
70 | Nasjonale oppgåver ved miljøforskingsinstitutta | 15 151 | 15 151 | 15 151 |
Sum kap. 1410 | 313 408 | 315 412 | 333 485 |
Kap. 1410 Miljøvernforsking og miljøovervaking gjeld basisløyvingar og andre tilskot til miljøforskingsinstitutta, forskingsprogram m.m., og miljøovervaking og miljødata. Kapitlet rettar seg mot alle resultatområda, unnateke resultatområde 10 Kart og geodata.
Regjeringa legg vekt på å halde løyvinga til forsking og overvaking på eit så høgt nivå som mogleg og fremjar forslag om auke løyvingane til miljøovervaking med om lag 13,1 mill. kroner (inkl. mva.) i 2006. Løyvingane til miljøvernforsking er auka med 18,5 mill. kroner i forhold til saldert ramme 2005.
Post 21 Miljøovervaking og miljødata
Midlane under posten dekkjer dei fleste resultatområda.
Posten dekkjer utgifter til miljøovervaking og innhenting av data og miljøstatistikk knytt til dei miljøvernpolitiske resultatområda, under dette utgifter til resultatdokumentasjon og arbeidet med standardisering på miljøområdet. Posten dekkjer òg formidling av resultata som blir oppnådde, bl.a. utvikling og drift av Miljøstatus for Noreg på Internett. Midlar til overvaking av vilt- og fiskeressursar som kan haustast er dekte over andre postar på Miljøverndepartementets budsjett.
Midlane blir nytta til å få fram kunnskap om miljøtilstanden og endringar i den, og er eit viktig grunnlag for å gjennomføre ein effektiv miljøvernpolitikk. Miljøovervaking og miljøstatistikk gir grunnlag for å setje mål for miljøvernpolitikken, vurdere i kva grad dei nasjonale miljømåla blir oppnådde og kva slag miljø- og helseverknader ein oppnår med verkemiddelbruk og tiltak. I tillegg pliktar Noreg gjennom ei rekkje internasjonale miljøvernavtaler å dokumentere utviklinga i miljøet og dei faktorane som påverkar miljøtilstanden, og deltek i ei rekkje internasjonale overvakingsprogram. Resultata frå desse programma er det viktigaste grunnlaget for revisjon av eksisterande internasjonale avtaler og etablering av nye. Mange endringar i miljøtilstanden skjer gradvis og over lang tid. For å få den nødvendige informasjonen må overvakingsprogramma derfor gå over fleire år. Dette gjeld først og fremst område der det er nødvendig å underbyggje argumenta for tiltak med eit godt kunnskapsunderlag, bl.a. utslepp av næringsstoff til vassdrag og fjordområde, sur nedbør og ozon.
Auka vektlegging av resultatoppfølging og sektoransvar i miljøvernpolitikken gjer det nødvendig med meir systematisk bruk av miljøstatistikk enn tidlegare. Denne statistikken er blant anna viktig for oppfølging av Regjeringas mål for miljøvernpolitikken og for arbeidet med å halde oversyn over miljøtilstanden. Dels erstattar miljøstatistikken anna overvaking og dels blir resultata nytta saman med data frå overvakinga. Miljøstatistikken må vere stabil og langsiktig og sjåast i samanheng med annan relevant statistikk og miljøvernforvaltning.
Utgiftene er i hovudsak kjøp av varer og tenester frå forskingsinstitutt m. fl. som gjennomfører den praktiske innsamlinga og behandlinga av overvakingsdata.
Vi registrerer i dag eit stort tap av den viktige tareskogen langs kysten og gode overvakingsdata vil vere avgjerande for å kunne setje i verk tiltak. Denne situasjonen har samtidig avdekt at vi har mangelfull kunnskap om årsakene til det som skjer, og innsatsen i kystovervakingsprogrammet vil derfor bli styrkt.
På andre område er overvakinga under utvikling for å kunne møte nye krav og ny kunnskap. Dette gjeld særleg innafor biologisk mangfald, nye miljøgifter og kulturminne. I 2006 er det lagt opp til å vidareføre dette utviklingsarbeidet.
Posten dekkjer m.a. overvaking av forureiningar og farlege kjemikaliar, det tverrsektorielle nasjonale programmet for kartlegging og overvaking av biologisk mangfald, kvalitetssikring av fase 1 og oppstart av fase 2 i det kommunale kartleggingsprogrammet, auka overvaking av bestandane av rovvilt og vidareføring av sjøfuglprogrammet SEAPOP. Midlane til SEAPOP er styrkte som ein del av satsinga på Nordområda i statsbudsjettet for 2006. Olje- og energidepartementet har òg sett av midlar til dette formålet.
I 2006 er det foreslått ei totalløyving til miljøovervaking og miljødata på 98,8 mill. kroner. Dette er ein auke frå 2005 på om lag 13,1 mill. kroner eller 15,3 pst. 13,5 mill. kroner av det totale framlegget til løyving til miljøovervaking og miljødata er frå 2006 budsjetterte under kap. 1633 Nettoordning statleg betalt meirverdiavgift, post 01 Driftsutgifter.
Den nyoppretta ordninga for føring av meirverdiavgift vil ikkje få innverknad på aktivitetsnivået på posten.
Post 50 Basisløyvingar til miljøforskingsinstitutta
Midlane under posten dekkjer dei fleste resultatområda.
Løyvinga i 2006 er auka med 9 mill. kroner i forhold til saldert budsjett 2005 for å styrkje den langsiktige kompetanseoppbygginga for sektoren.
Posten dekkjer basisløyvingar til miljøforskingsinstitutta, under dette ein del av basisløyvinga til Senter for jordfagleg miljøforsking (Jordforsk). Basisløyvingane blir kanaliserte gjennom Noregs forskingsråd som gir råd om fordeling av midlane. Basisløyvinga omfattar grunnløyving og løyving til strategiske instituttprogram, jf. resultatområde 11 i tabellen over resultatområde.
Det er viktig å sikre ei brei og god deltaking frå alle relevante forskingsmiljø i EUs rammeprogram for forsking. Forskingsrådet har sett i verk ei ordning med delfinansiering av eigendelen når institutta får tildelt prosjekt frå EU. Institutta høyrer inn under sektoransvaret til fleire departement. Midlane blir løyvde over budsjetta til Nærings- og handelsdepartementet, Olje- og energidepartementet, Fiskeri- og kystdepartementet, Landbruks- og matdepartementet, Miljøverndepartementet og Samferdsledepartementet. Forskingsrådet skal forvalte desse midlane som ei felles ordning. Miljøverndepartementet skal nytte 3,5 mill. kroner av løyvinga på posten til denne ordninga i 2006.
Mål
Norsk institutt for by- og regionforsking (NIBR), Norsk institutt for luftforsking (NILU), Norsk institutt for naturforsking (NINA), Norsk institutt for kulturminneforsking (NIKU), Norsk institutt for vassforsking (NIVA), Senter for jordfagleg miljøforsking (Jordforsk) og Senter for klimaforsking (CICERO) er sentralinstitutt innan sine område av miljøvernforskinga. Dei skal fungere som nasjonale kompetansesenter og ha ei kunnskapsstrategisk rolle overfor miljøvernforvaltninga, og skal tilfredsstille samfunnets behov for å løyse problem på kort og lang sikt innan sine område. NIBR, NILU, NINA, NIKU, NIVA og Jordforsk danna i 2001 selskapet Miljøalliansen AS, som skal medverke til auka verdiskaping og kunnskapsproduksjon i samfunnet.
Oppfølging og kontroll
Det blir motteke årsrapportar og reviderte rekneskapsoversyn for løyvingane, og kontroll skjer ved generell formalia- og sannsynskontroll. For oppfølging av årsrapporten vil det bli halde møte med det enkelte institutt for drøftingar av miljøforvaltningas kunnskapsbehov. Noregs forskingsråds instituttpolitikk medfører at alle institutta skal evaluerast ca. kvart 6. år. Følgjande institutt er evaluerte: NILU (1997), NIVA (1998), JORDFORSK (1998), NIKU (1999), CICERO (2000) og NIBR (2001). Ei samla vurdering av felles problem og samarbeidsområde mellom desse institutta var ferdig hausten 1999. Det vart bl.a. konkludert med at basisløyvinga har ein ikkje ubetydeleg innverknad på instituttas kompetanseutvikling. Grunnløyvinga er framleis eit sentralt verkemiddel for å sikre nødvendig kunnskapsbasis til å utvikle sentrale fagområde som ein ventar vil vere av verdi for forvaltninga.
Post 51 Forskingsprogram m.m.
Midlane under posten er retta mot forskingsprogram innafor alle resultatområde, unnateke resultatområde 10 Kart og geodata. I tillegg er det avsett 0,7 mill. kroner i tilskot til Norsk institutt for Genøkologi (Genøk).
Posten er auka med 9,5 mill. kroner i forhold til saldert budsjett 2005. Løyvinga skal nyttast til å styrkje forsking på klima, biomangfald, kulturminne, helse- og miljøfarlege kjemikaliar og Barentshavet. Det internasjonale polaråret (IPY) er ei anna viktig satsing under posten. IPY 2007–08 er ei stor internasjonal satsing innan polarforsking, der mange nasjonar har gjort kjent at dei vil delta og der store ressursar blir sette inn. Regjeringa har vedteke at Noreg skal gå sterkt inn i dette samarbeidet og ta mål av seg til å ha ei førande rolle. Regjeringa foreslår å løyve 5 mill. kroner til Forskingsrådet til arbeidet med IPY, av dette 2 mill. kroner over budsjettet til Miljøverndepartementet. Løyvinga skal dekkje eit norsk sekretariat og investeringar som må vere på plass før sjølve forskinga startar opp. Løyvinga er fordelt mellom budsjetta til Utdannings- og forskingsdepartementet, Miljøverndepartementet og Justisdepartementet.
Mål
Mål for miljøvernforskinga er å medverke til å styrkje kunnskapsgrunnlaget for eit effektivt miljøvernarbeid og for ei berekraftig ressursforvaltning og samfunnsplanlegging. Miljøvernforskinga skal gi eit godt kunnskapsunderlag for nasjonale forvaltningsoppgåver, for avgjerder i politikkutforming og som grunnlag for internasjonalt miljøvernsamarbeid.
Hovudvekta er lagt på forsking innan klimaendringar, inkl. forsking på biologiske og samfunnsvise effektar av klimaendringar. Marin forsking og forsking innan biologisk mangfald og helse- og miljøfarlege kjemikaliar blir òg prioriterte. I 2005 vart 13 forskingsprogram finansierte over Miljøverndepartementets budsjett, og alle var samfinansierte, hovudsakleg med midlar frå budsjetta til andre departement. Forsking er eit viktig verkemiddel og er derfor nærare omtalt under dei enkelte resultatområda. Det blir framleis arbeidd for å betre integreringa av miljøvernforsking i alle relevante delar av verksemda innan Noregs forskingsråd.
Oppfølging og kontroll
Det blir motteke årsrapportar frå Noregs forskingsråd som er utarbeidde på bakgrunn av innspel frå programstyra. I tillegg er representantar frå miljøvernforvaltninga valde inn i programstyre.
Post 53 Internasjonalt samarbeid om miljøvernforsking
Mål
Tilskotet er kontingent for medlemskap i International Institute for Applied Systems Analysis (IIASA).
Oppfølging og kontroll
Kontingenten blir overført Noregs forskingsråd som tek vare på den norske medlemskapen.
Post 70 Nasjonale oppgåver ved miljøforskingsinstitutta
Mål
Målet er å syte for at alle miljøinstitutta har ressursar til fagleg rådgjeving til miljøvernforvaltninga, til deltaking og fagleg støtte for miljøvernforvaltninga i internasjonale organ ved behov, informasjons- og opplysningsarbeid overfor forvaltning, næringsliv og publikum, kvalitetssikring av data, etablering og vedlikehald av relevante nasjonale databasar og bibliotekfunksjonar m.m.
Oppfølging og kontroll
Det blir motteke reviderte rekneskapsoversyn for løyvingane, og kontroll skjer ved generell formalia- og sannsynskontroll. Det skal haldast årlege møte med kvart enkelt institutt for drøftingar av dei nasjonale oppgåvene.
Kap. 4410 Miljøvernforsking og miljøovervaking (jf. kap. 1410)
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2004 | Saldert budsjett 2005 | Forslag 2006 |
50 | Refusjon frå diverse fond | 4 000 | 4 000 | 4 000 |
Sum kap. 4410 | 4 000 | 4 000 | 4 000 |
Beløpet gjeld den delen av basisløyvinga til NINA som er finansiert av inntektene til Viltfondet og Statens fiskefond. Ein viser til omtale under kap. 4425 under programkategori 12.20.
Programkategori 12.20 Biomangfald og friluftsliv
Utgiftene under programkategori 12.20 gjeld i hovudsak tre resultatområde; 1 Berekraftig bruk og vern av biologisk mangfald, 2 Friluftsliv og 11 Områdeovergripande verkemiddel og fellesoppgåver. Det blir vist til innleiinga i del II der det blir gjort greie for budsjettvise endringar i 2006 innafor dei ulike resultatområda.
Foreslått løyving knytt til programkategorien er i 2006 på 691,5 mill. kroner inkl. meirverdiavgift. Dette er ein reduksjon på om lag 17,1 mill. kroner, eller 2,4 pst. samanlikna med saldert budsjett for 2005. Reduksjonen skuldast i hovudsak ei lågare kalkingsløyving i 2006. I tillegg er også løyvingane til fisketiltak foreslått reduserte, då det er venta lågare inntekter til Statens fiskefond dei næraste åra.
Frå 2006 er det innført ei ordning med nøytral meirverdiavgift for staten. Ordninga er innretta slik at meirverdiavgifta blir budsjettert på eit eige felles utgiftskapittel til dekning av meirverdiavgift i statsforvaltninga. Ordninga er nærare omtalt under kapittel 5 i del I. Frå denne programkategorien er det rammeoverført 15,7 mill. kroner til dette felleskapitlet.
Utgifter under programkategori 12.20 fordelte på kapittel
(i 1 000 kr) | |||||
---|---|---|---|---|---|
Kap. | Nemning | Rekneskap 2004 | Saldert budsjett 2005 | Forslag 2006 | Pst. endr. 05/06 |
1425 | Vilt- og fisketiltak (jf. kap. 4425) | 66 033 | 70 200 | 65 885 | -6,1 |
1426 | Statens naturoppsyn (jf. kap. 4426) | 91 810 | 100 656 | 97 317 | -3,3 |
1427 | Direktoratet for naturforvaltning (jf. kap. 4427) | 464 397 | 537 772 | 512 632 | -4,7 |
Sum kategori 12.20 | 622 241 | 708 628 | 675 834 | -4,6 |
Kap. 1425 Vilt- og fisketiltak (jf. kap. 4425)
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2004 | Saldert budsjett 2005 | Forslag 2006 |
01 | Driftsutgifter | 27 526 | 26 865 | 23 885 |
61 | Tilskot til kommunale vilttiltak , kan overførast | 6 096 | 5 500 | 5 000 |
70 | Tilskot til fiskeformål , kan overførast | 5 246 | 8 500 | 6 500 |
71 | Tilskot til viltformål , kan overførast | 27 166 | 29 335 | 30 500 |
Sum kap. 1425 | 66 033 | 70 200 | 65 885 |
Kap. 1425 Vilt- og fisketiltak omfattar utgifter til vilt- og fisketiltak og delar av vilt- og fiskeforvaltninga. Midlane under kap. 1425 er hovudsakleg retta mot resultatområde 1 Berekraftig bruk og vern av biologisk mangfald, men har samtidig eit klart innslag av tilrettelegging for friluftsliv i form av jakt og fiske, jf. resultatområde 2 Friluftsliv.
Utgiftene over kap. 1425 er finansierte ved avgifter på jakt og fiske, og motsvarer inntekter over kap. 4425 Refusjonar frå Viltfondet og Statens fiskefond. Samla sett er utgiftene reduserte med 2,3 mill. kroner i høve til 2005-budsjettet. I tillegg er 2 mill. kroner rammeoverført til kap. 1633 Nettoordning statleg betalt meirverdiavgift, post 01 Driftsutgifter, som følgje av den nyoppretta ordninga for nettobudsjettering av meirverdiavgift i statsforvaltninga. Sistnemnde medfører ingen reduksjon i aktivitetsnivået finansiert frå kap. 1425. For nærare utgreiing om avgiftene og forholdet mellom kap. 1425, 4425 og inntektene til dei ulike fonda, viser vi til omtale under kap. 4425.
Lønn og godtgjersler til faste tilsette innan det statlege verksemdsområdet blir ikkje dekte over kap. 1425, men over kap. 1427 Direktoratet for naturforvaltning og kap. 1510 Fylkesmannsembeta.
Både løyvingsforslaga under tilskotspostane og store delar av løyvingsforslaget under post 01 går til formål som er viktige for den lokale vilt- og fiskeforvaltninga.
Bruken av fondsmidlane blir drøfta med representantar for brukarinteressene. Føremålet med drøftingane er å sikre at midlane blir nytta på ein kostnadseffektiv måte i høve til måla innan vilt- og fiskeforvaltninga. Dette må sjåast i nær samanheng med arbeidet for å styrkje den lokale vilt- og fiskeforvaltninga basert på bl.a. driftsplanar, og at dei sentrale ledda i frivillige organisasjonar skal arbeide for å oppnå ei samla målsetjing.
Post 01 Driftsutgifter
Midlane under posten er i hovudsak retta mot resultatområde 1 Berekraftig bruk og vern av biologisk mangfald.
Løyvinga skal dekkje utgifter til faglege prosjekt og utgreiingar som grunnlag for konkrete forvaltningstiltak, og administrative kostnader knytte til desse prosjekta. Løyvinga skal leggje til rette for ei langsiktig og berekraftig utnytting av vilt- og fiskeressursane og allmenta sin tilgang til desse. Posten dekkjer i tillegg til utgifter til fallvilt og drift av villreinnemndene òg utgifter til lønn og godtgjersler for mellombels tilsette knytte til gjennomføringa av prosjekt og spesielle utgreiingar o.a. Dessuten dekkjer midlane utgifter til saksførebuing, forvaltning av tilskotspostane over kap. 1425, og fondsforvaltninga av Viltfondet og Statens fiskefond med 4,5 mill. kroner. Det sist nemnde er i samsvar med ein fleirårig praksis.
Posten er redusert med om lag 1 mill. kroner grunna venta reduksjon i inntektene frå fiskaravgifta, jf. omtale under kap. 4425 post 52 Refusjonar frå Statens fiskefond. Reduksjonen skjer på fiskerelaterte forskingsaktivitetar. I tillegg er 2 mill. kroner rammeoverført til kap. 1633 Nettoordning statleg betalt meirverdiavgift, post 01 Driftsutgifter, som følgje av den nyoppretta ordninga for nettobudsjettering av meirverdiavgift i statsforvaltninga. Aktivitetsnivået på posten vil ikkje bli redusert på grunn av dette.
Post 61 Tilskot til kommunale vilttiltak, kan overførast
Tilskotsordninga er retta mot resultatområde 1 Berekraftig bruk og vern av biologisk mangfald.
Mål
Målet med tilskotsordninga er å medverke til å gjennomføre ei berekraftig viltforvaltning i kommunane.
Posten skal dekkje utgifter til tiltak innan den lokale viltforvaltninga. Kommunane skal i utgangspunktet sjølve dekkje dei administrative kostnadene sine til viltarbeidet, jf. Ot.prp. nr. 37 (1999-2000) Om lov om endring i viltloven. Det er likevel nødvendig i ein overgangsperiode å føre vidare høvet til å stimulere og styrkje kommunale viltforvaltningstiltak.
Posten skal berre dekkje delar av dei kommunale utgiftene til tiltak, ettersom fellingsavgifter for elg og hjort blir kravde inn av kommunen og inngår i kommunale viltfond.
Kriterium for måloppnåing
Kriterium for måloppnåing er om ordninga bidrar til å sikre ei berekraftig viltforvaltning i kommunar med avgrensa inntekter frå fellingsavgifter.
Tildelingskriterium
Tildeling skjer på bakgrunn av søknader og melde behov frå kommunane. Fylkesmannen tildeler midlar til kommunane i tråd med regionalt prioriterte tiltak. Ved tildelinga legg ein serleg vekt på kommunar som sjølve har eit avgrensa inntektsgrunnlag gjennom fellingsavgiftene, dvs. kommunar som har små bestandar av hjortevilt, og der dei kommunale viltfonda bør få tilført midlar til prioriterte tiltak via denne tilskotsposten. Det kan givast tilskot til kartlegging av viltressursane og viltinteressene i kommunane, innarbeiding av viltinteressene i kommunale planar, oppretting og drift av driftsplanområde, deltaking i rettshavaranes driftsplanarbeid, delfinansiering av kompetansegivande etter- og vidareutdanning i viltforvaltning og andre oppgåver som følgjer av den mynde kommunane har etter viltlova. Det kan ikkje ytast tilskot til å dekkje administrative kostnader i kommunane. Det skal særleg leggjast vekt på å styrkje interkommunale fellesprosjekt som omfattar kommuneovergripande viltbestandar. Ein del av midlane på posten blir disponert til felles tiltak for kommunane, under dette kjøp av tenester for alle kommunar i hjorteviltregisteret og hjortesenteret på Svanøy.
Oppfølging og kontroll
Resultatkontroll og oppfølging skjer gjennom generell formalia- og sannsynskontroll av rapportar frå tilskotsmottakarane.
I budsjettet for 2006 blir løyvinga redusert med 0,5 mill. kroner. Reduksjonen er bl.a. gjort for å auke løyvinga under post 71 Tilskot til viltformål.
Post 70 Tilskot til fiskeformål, kan overførast
Tilskotsordninga er retta mot resultatområda 1 Berekraftig bruk og vern av biologisk mangfald og resultatområde 2 Friluftsliv. Løyvinga skal gå til å dekkje både lokalt og sentralt styrte tiltak.
I 2006 er posten foreslått redusert med 2 mill. kroner grunna nedjusterte anslag på inntekter frå fiskaravgifta. Ein viser til nærare omtale under kap. 4425 post 52 Refusjonar frå Statens fiskefond.
Mål
Målet med tilskotsordninga er å medverke til forvalting og tiltak knytte til berekraftig bruk av bestandar av anadrom laksefisk som det kan haustast av, til beste for fiskarar og rettshavarar.
Kriterium for måloppnåing
Kriterium for måloppnåing er om ordninga bidrar til at fiskeforvaltninga blir gjennomført på ein berekraftig måte og med medverknad frå lokalsamfunn og rettshavarar.
Tildelingskriterium
Tilskot blir gitt tiltak i regi av lag og organisasjonar etter søknad. Det kan givast tilskot til investeringar, spesielle driftsutgifter til fiskefremjande formål, anvend forsking og overvaking. Det kan òg givast tilskot til tiltak direkte retta mot rekruttering eller stimulering til fiske etter laks.
Oppfølging og kontroll
Resultatkontroll og oppfølging skjer ved at tilskotsmottakarane leverer sluttrapportar og -rekneskap og eventuelt framdriftsrapportar med rekneskap. Det blir gjort ein generell formalia- og sannsynskontroll av rapportane og rekneskapane. Tilskot til FoU blir kontrollerte spesielt i forhold til dei forventningane som er gitt i tilsegna eller kontrakten.
Post 71 Tilskot til viltformål, kan overførast
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Underpost | Nemning | Rekneskap 2004 | Saldert budsjett 2005 | Forslag 2006 |
71.1 | Hjortevilttiltak | 7 369 | 7 000 | 7 000 |
71.2 | Villreintiltak | 1 919 | 2 200 | 2 200 |
71.3 | Lokale vilttiltak m.v. | 12 145 | 14 135 | 15 300 |
71.4 | Viltovervaking | 5 733 | 6 000 | 6 000 |
Sum post 71 | 27 166 | 29 335 | 30 500 |
Midlane under posten er retta mot resultatområde 1 Berekraftig bruk og vern av biologisk mangfald. Ein gjer framlegg om å auke posten med 1 165 000 kroner i 2006 til styrking av lokale vilttiltak, jf. underpost 3.
Mål
Målet for tilskotsordninga er å medverke til å gjennomføre oppgåver innan viltforvaltninga og tiltak i regi av enkeltpersonar, lag og organisasjonar der tiltaket har ein regional, interkommunal eller nasjonal karakter.
Etter endringane i viltlova i 2001, krev kommunane inn og disponerer fellingsavgiftene for elg og hjort som ein del av eit kommunalt viltfond. Det er derfor føresett at søknader om tilskot til tiltak som har reint kommunal karakter blir viste til dei kommunale viltfonda som er finansierte med fellingsavgifter, midlar frå post 61, og eventuelt eigne kommunale midlar. Tiltak av regional karakter er føresett ivaretekne ved at fylkesmennene forvaltar delar av løyvinga etter tildeling frå Direktoratet for naturforvaltning.
Kriterium for måloppnåing
Måloppnåing blir vurdert på bakgrunn av om ordninga bidrar til at viltforvaltninga på regionalt og nasjonalt nivå blir gjennomført på ein berekraftig måte.
Tildelingskriterium
På bakgrunn av søknader innafor prioriterte satsingsområde tildeler fylkesmannen tilskot til tiltak som kan stimulere til regionale utviklingsoppgåver, og som støttar opp om kommunale og interkommunale prioriterte tiltak, under dette tiltak som stimulerer til eit større engasjement i arbeidet med driftsplanar blant rettshavarane, og som støttar opp under betre tilrettelegging av jakttilhøva for allmenta.
Tiltak som kan givast tilskot er kartlegging av viltressursane/viltet sine leveområde, kartlegging av viltinteressene i kommunar og regionar, innarbeiding av viltet sine leveområde og viltinteressene i kommunale planar etter plan- og bygningslova, kartlegging og iverksetjing av tiltak med formål å betre bestandsoversyn, oppretting og drift av lokale samarbeidsråd, deltaking i rettshavarane sitt driftsplanarbeid, FoU og studentoppgåver, organisasjonar, lag og foreiningar som ønskjer å setje i verk tiltak, og andre prioriterte viltføremål. Det kan òg givast tilskot til tilrettelegging, organisering og informasjon om jakt og jakttilhøve. Fordeling av midlane på dei ulike fylka skjer etter nøklar baserte på bl.a. innbetalt jegeravgift, talet på jegerar i fylket, felt vilt m.m.
Oppfølging og kontroll
Resultatkontroll og oppfølging skjer ved at tilskotsmottakarane leverer sluttrapportar og -rekneskap og eventuelt framdriftsrapportar med rekneskap. Det blir gjort ein generell formalia- og sannsynskontroll av rapportane og rekneskapane.
Underpost 71.1 Hjortevilttiltak
Underposten skal dekkje tiltak knytte til forvaltning av hjortevilt. Underposten skal òg dekkje dei sentrale overvakingsprogramma for utvikling og samansetning av bestandar, og programmet for helseovervaking av hjortevilt. Dette er viktige grunnlagsdata for konkret forvaltning. Midlar blir òg nytta i hjorteviltforvaltninga til tiltaksretta undersøkingar, metodeutvikling, tilskot til praktiske tiltak, medverknad til å løyse oppgåver og stimulerings- og informasjonstiltak i regi av organisasjonar m.m., og forvaltningsretta FoU og sentrale utviklingstiltak som er nødvendige for seinare å kunne setje i verk praktiske tiltak.
Underpost 71.2 Villreintiltak
Underposten skal dekkje tiltak i villreinforvaltninga som drift av villreinområda, teljing av bestandar, overvaking, driftsplanar, arbeid med å sikre leveområda, forvaltningsretta FoU og sentrale utviklingstiltak som er nødvendige for seinare å kunne setje i verk praktiske tiltak. Innbetalte fellingsavgifter skal tilbakeførast til det enkelte villreinområdet, og midlane skal disponerast av villreinnemnda til tiltak. I 2005 vart prosjektet Villrein og Samfunn sluttført, med ein brei gjennomgang av kunnskapsstatus og eksisterande tiltak og verkemiddel i villreinforvaltninga, i eit nært samspel mellom forsking, forvaltning og brukarar. Oppfølginga av tilrådingar frå prosjektet starta i 2005, og dette arbeidet vil bli ført vidare i 2006. Formålet er å leggje grunnlaget for å tryggje framtida for villreinen.
Underpost 71.3 Lokale vilttiltak mv.
Midlane blir nytta til vilttiltak og prosjekt i regi av regionale og landsomfattande organisasjonar, forvaltningsretta FoU knytt til dokumentasjon og overvaking av biologisk mangfald, lokale vilttiltak og sentrale utviklingstiltak som er nødvendige for seinare å kunne setje i verk praktiske tiltak i distrikta.
Midlane skal òg nyttast til sentrale organisasjonar som utførar oppgåver på vegne av eller i samarbeid med styresmaktene for viltforvaltninga. Fleire av dei store landsdekkjande organisasjonane utfører eit omfattande frivillig arbeid innan viltforvaltning. I budsjettet for 2004 og 2005 vart det lagt inn ein auke på respektive 2,5 mill. kroner og 0,7 mill. kroner til dette arbeidet. I budsjettet for 2006 gjer regjeringa framlegg om å styrkje omfanget av lokale vilttiltak ytterlegare med ein auke på 1 165 000 kroner, blant anna til arbeidet i organisasjonane.
Underpost 71.4 Viltovervaking
Midlane blir nytta til overvakingsoppgåver som skal sikre ei fortløpande oversikt over bestandsstatus og utvikling av arter og artsgrupper av vilt, som ikkje er dekt over underpost 71.1 eller underpost 71.2. Dei sentrale overvakingsprosjekta skal gi eit årleg oppdatert datagrunnlag for å setje i verk både sentrale, regionale og lokale forvaltningstiltak og justering av verkemiddel, og avdekkje kunnskapsbehov.
Kap. 4425 Refusjonar frå Viltfondet og Statens fiskefond (jf. kap. 1425)
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2004 | Saldert budsjett 2005 | Forslag 2006 |
51 | Refusjon frå Viltfondet | 54 500 | 53 700 | 54 385 |
52 | Refusjon frå Statens fiskefond | 13 000 | 16 500 | 13 500 |
Sum kap. 4425 | 67 500 | 70 200 | 67 885 |
Hovuddelen av refusjonane til statsbudsjettet, basert på inntektene frå jeger- og fiskaravgiftene til Viltfondet og Statens fiskefond, er budsjettert under dette kapitelet.
Refusjonane under kap. 4425 gir grunnlag for tilsvarande utgifter som er budsjetterte under kap. 1425 Vilt- og fisketiltak, med unnatak av 2 mill. kroner til meirverdiavgift som er budsjetterte under kap. 1633 Nettoordning statleg betalt meirverdiavgift, post 01 Driftsutgifter, jf. oppsettet i tabell 18.5 og 18.7.
Forslaget er basert på venta inntekter i fonda i 2006, jf. omtale under kvart fond nedanfor.
Post 51 Refusjonar frå Viltfondet
Hovuddelen av dei midlane som blir refunderte frå Viltfondet til statsbudsjettet blir budsjettert under denne posten. Viltfondet refunderer i tillegg midlar til kap. 4410 post 50 Refusjon frå diverse fond, kap. 3904 post 02 Oppdragsinntekter og andre inntekter, og kap. 1633 Nettoordning statleg betalt meirverdiavgift, post 01 Driftsutgifter, jf. tabell nedanfor.
Refusjonane frå Viltfondet til posten er foreslått auka med ca. 0,7 mill. kroner slik at omfanget av viltoppgåver under kap. 1425 kan styrkjast i 2006. Dette blir gjort ved særskilt bruk av kapitaliserte inntekter frå fondet som følgje av høgare inntekter enn budsjettert i 2004.
Nærare om Viltfondet
Mål
§ 40 i Viltlova fastset at «den som vil drive jakt eller fangst etter denne lov, skal betale jegeravgift etter satser og regler som Kongen fastsetter» og at «for hvert dyr som tillates felt eller felles av elg, hjort og villrein skal det betales en fellingsavgift etter satser og regler som Kongen fastsetter. Kongen kan bestemme at kommunen innenfor nærmere rammer kan fastsette fellingsavgiften for elg og hjort».
Gjennom behandlinga av statsbudsjettet for 1989 fastsette Stortinget følgjande retningslinjer for bruken av midlane i Viltfondet:
Viltfondet skal nyttast til forvaltningstiltak som kjem viltet og allmenta til gode, under dette viltforvaltning i kommunane, lokale, regionale og sentrale vilttiltak, viltforsking, førebyggjande tiltak mot og vederlag for skadar valda av hjortevilt, jegerregister og jegerservice.
Den årlege fordelinga av midlar mellom formåla som er nemnde over, skal gå fram av Miljøverndepartementets budsjettproposisjon. Ved budsjetteringa er det føresett at ca. halvparten av midlane frå jegeravgifta skal gå til vilttiltak i distrikta og at fellingsavgiftene som er knytte til villrein skal nyttast i villreinforvaltninga.
Inntekter og avgiftssatsar
Inntektene til Viltfondet kjem i hovudsak frå jegeravgifter og fellingsavgifter. Ordninga med Viltfondet synleggjer på denne måten at tilretteleggingstiltak for jakt og delar av viltforvaltninga for ein stor del er baserte på brukarfinansiering. I tillegg kjem meir tilfeldige typar inntekter til fondet frå enkelte typar fallvilt og frå renter av fondskapitalen.
I 2001 vart det gjennomført ei omfattande omlegging av viltforvaltninga, der kommunane i staden for staten krev inn og disponerer fellingsavgiftene for elg og hjort og fører desse inntektene i kommunale viltfond. Omleggingsarbeidet blir følgt opp fortløpande av Direktoratet for naturforvaltning. Det er fastsett ei statleg rammeforskrift for dei kommunale viltfonda, der inntektene til kommunane frå fellingsavgifter inngår. For dei fellingsavgiftene som blir kravde inn for villrein, er det etablert ei tilsvarande ordning, der midlar blir tilbakeførte til det enkelte villreinområde i høve til innbetalte avgifter føregåande år.
Ein gjer ikkje framlegg om å auke jegeravgifta og fellingsavgiftene for 2006. Avgiftene vart i 2005 auka med i snitt 10 pst. etter fleire år utan endring.
Satsane for dei ulike avgiftene er oppgitt i tabellen under.
For oversikta si del er dei økonomiske konsekvensane for kommunane i 2006 tekne med, slik at den samla bruken av verkemiddel kan sjåast under eitt. Merk at for kommunane er dei oppgitte avgiftene maksimalsatsar.
Tabell 18.3 Framlegg om jeger- og fellingsavgifter i 2006 (tal i heile kroner):
Type avgift: | Storleiken på avgifta i 2006 | Estimert tal innbetalingar | Venta innbetalt totalbeløp | Inntektsført |
---|---|---|---|---|
Jegeravgift generelt: | 265 | 191 000 | 50 615 000 | Viltfondet |
Jegeravgiftstillegg hjortevilt: | 70 | 99 000 | 6 930 000 | Viltfondet |
Gebyr jaktstatistikk: | 165 | 10 000 | 1 650 000 1 | Viltfondet |
Gebyr ekstra jegeravgiftskort: | 55 | 3 000 | 165 000 | Viltfondet |
Fellingsavgift vaksen rein: | 235 | 3 500 | 822 500 | Viltfondet |
Fellingsavgift reinkalv: | 135 | 1 500 | 202 500 | Viltfondet |
Sum statlege avgifter: | 60 385 000 | Viltfondet | ||
Fellingsavgift vaksen elg: | 440 | 25 000 | 11 000 000 | Kommunane |
Fellingsavgift elgkalv: | 255 | 12 000 | 3 060 000 | Kommunane |
Fellingsavgift vaksen hjort: | 330 | 20 000 | 6 600 000 | Kommunane |
Fellingsavgift hjortekalv: | 200 | 6 100 | 1 220 000 | Kommunane |
Sum kommunale avgifter: | 21 880 000 | Kommunane |
1 Innkrevjing av gebyret skjer etterskotsvis i 2006, for dei som ikkje leverte jaktstatistikk i 2005. Talet er vurdert til ca. 10 000.
Etter innføring av gebyr for å late vere å rapportere utbytte av jakta til statistiske føremål har statistikkgrunnlaget blitt vesentlig betra. Etter at det i starten var relativt mange jegerar som let vere å rapportere, er det venta at denne delen no blir stabilisert på om lag 10 000 krav om gebyr. Dette inneber at om lag 5 pst. av jegerane ikkje leverer rapport slik dei skal.
Inntektene frå avgiftene gjer at det blir budsjettert med ein kapitalstraum i Viltfondet som vist i tabellen under.
Tabell 18.4 Berekning av kapital i Viltfondet i 2006:
(i 1000 kr): | |
---|---|
Tekst: | |
Saldo pr. 31.12.04: | 3 918 |
Budsjettert innbetalt i 20051: | 61 303 |
Budsjettert refusjon i 2005 (utbetalingar frå fondet): | -61 300 |
Budsjettert saldo pr. 31.12.05: | 3 921 |
Budsjettert innbetalt i 20062: | 60 985 |
Budsjettert refusjon i 2006 (utbetalingar frå fondet): | -62 085 |
Budsjettert saldo pr. 31.12.06: | 2 821 |
1 Talet inkluderer stipulerte renteinntekter og andre inntekter på 0,8 mill. kroner.
2 Talet inkluderer stipulerte renteinntekter og andre inntekter på 0,6 mill. kroner.
Administrasjon og økonomiforvaltning
Viltfondet blir forvalta av Miljøverndepartementet ved Direktoratet for naturforvaltning. Utgiftene over statsbudsjettet skal normalt svare til dei stipulerte inntektene for fondet same året. Eventuelle overskytande inntekter skal overførast og kapitaliserast i fondet, og gi grunnlag for eventuelle større refusjonar kommande år.
Refusjonane frå Viltfondet som blir førte under kap. 4425, kap. 4410 og kap. 3904, finansierer utgifter til vilttiltak og viltforvaltning over kap. 1425, forsking på viltressursar over kap. 1410 post 50 og utgifter til drift av Jegerregisteret i Brønnøysund-registra over kap. 0904 under Nærings- og handelsdepartementets budsjett, jf. St.prp. nr. 1 (2005-2006) for Nærings- og handelsdepartementet. Meirverdiavgifta knytt til verksemda i fondet er budsjettert under kap. 1633 post 01 Driftsutgifter.
I budsjettet for 2006 gjer ein framlegg om at 4,7 mill. kroner blir refunderte til Brønnøysund-registra over kap. 3904.
Planlagt bruk av refusjonane frå Viltfondet går fram av tabellen under:
Tabell 18.5 Samla refusjonar frå Viltfondet i 2006:
(i 1000-kr) | |
---|---|
Formål: | |
Sentrale fallviltutgifter (kap. 1425.01): | 906 |
Drift villreinnemndene (kap. 1425.01): | 2 266 |
Prosjekt, administrasjon, jaktstatistikk mv. (kap. 1425.01): | 14 254 |
Kommunal viltforvaltning (kap. 1425.61): | 5 000 |
Hjortevilttiltak (kap. 1425.71.1): | 7 000 |
Villreintiltak (kap. 1425.71.2): | 2 200 |
Lokale vilttiltak (kap. 1425.71.3): | 15 300 |
Viltovervaking (kap. 1425.71.4): | 6 000 |
Sum refusjon frå Viltfondet under kap. 1425, jf. kap. 4425: | 52 926 |
Refusjon til kap. 1633 Netto statleg betalt meirverdiavgift, post 01 Driftsutgifter | 1 459 |
Viltforsking, NINA (kap. 1410.50 jf. kap. 4410.50): | 3 000 |
Drift av Jegerregisteret (kap. 0904 jf. kap. 3904): | 4 700 |
Sum refusjon frå Viltfondet i 2006: | 62 085 |
Spesielt om hjortevilt og fallvilt
Sjølv om kommunane har fått primæransvaret for forvaltninga av hjortevilt og for alt fallvilt, er det likevel nasjonale oppgåver innan desse felta som må løysast. FoU-tiltak og overvaking av hjortevilt blir dekte av Viltfondet, gjennom den differensierte jegeravgifta. Differensieringa inneber at hjorteviltjegerane betaler eit tillegg til jegeravgifta, og på denne måten medverkar dei særskilt til nødvendige nasjonale oppgåver.
Når det gjeld fallvilt, er det framleis eit behov for å gjennomføre sentrale analysar av individ som blir funne igjen som fallvilt eller avliva av ulike årsaker, spesielt for rovviltartene. Slike analysar må framleis gjennomførast av Direktoratet for naturforvaltning. Utgiftene til sentrale oppgåver i samband med hjortevilt og fallvilt er budsjetterte under kap. 1425 post 01 Driftsutgifter.
Spesielt om lisensfelling av rovvilt
Lisensfelling av rovvilt vart gjennomført i 2005 i tråd med ei ordning der lisensinnehavar søkjer individuelt til fylkesmannen om lisens. I 2006 vil ein ta sikte på å endre denne ordninga, slik at dei som deltek i lisensfelling registrerer seg særskilt i Jegerregisteret.
Post 52 Refusjonar frå Statens fiskefond
Hovuddelen av dei midlane som blir refunderte frå Statens fiskefond til statsbudsjettet er budsjettert under denne posten. Statens fiskefond refunderer i tillegg midlar til kap. 4410 post 50 Refusjon frå diverse fond og kap. 1633 Nettoordning statleg betalt meirverdiavgift, post 01 Driftsutgifter, jf. tabell under.
Refusjonane frå Statens fiskefond til kap. 4425 post 52 er foreslått reduserte med 3 mill. kroner i høve til vedteke budsjett for 2005. Dette grunna forventa lågare inntekter til fondet etter at familieavgifta vart innført i 2005. Familieavgifta som vart innført for å stimulere fleire til å utøve fiske, har medført at fiskarar som tidlegare betale fiskarkort enkeltvis no går inn under familieavgifta. Følgja er reduserte inntekter til fondet. Refusjonane for 2006 er som følgje av dette nedjusterte på nivå med refusjonane i 2004.
Nærare om Statens fiskefond
Mål
I lov om laksefisk og innlandsfisk mv., § 30, heiter det at den som er fylt 16 år og vil fiske etter anadrom laksefisk eller innlandsfisk skal betale avgift til fiskefondet. Fiskaravgift på alt fiske etter innlandsfisk vart sett til kr 0 frå og med 2002, slik at det no berre skal betalast avgift for fiske etter anadrom laksefisk. Det er gitt visse unntak, bl.a. for fiske i medhald av reindriftslovgivinga og til undervisnings- eller behandlingsformål.
Følgjande retningslinjer for bruken av midlar frå Statens fiskefond er lagt til grunn:
Statens fiskefond skal nyttast til forvaltningstiltak knytte til anadrom laksefisk og som kjem samfunnet og allmenta til gode; under dette investeringar, spesielle driftsutgifter til fiskefremjande føremål, fiskeforsking og overvaking.
Den årlege fordelinga av midlane mellom formåla som nemnde over, skal gå fram av Miljøverndepartementets budsjettproposisjon. Ved budsjetteringa er føresett at omlag halvparten av fondet sine inntekter skal gå til lokale tiltak.
Inntekter og avgiftssatsar
Inntektene til Statens fiskefond består av fiskaravgift på anadrom laksefisk og renter av kapitalen i fondet. Ordninga med Statens fiskefond synleggjer at tilretteleggingstiltak, og delar av fiskeforvaltninga retta inn mot anadrome fiskearter, for ein stor del er basert på brukarfinansiering.
Årsavgifta for fiske etter anadrom laksefisk vart i 2005 auka frå kr 180 til kr 200 for enkeltpersonar. Samtidig vart det oppretta ei familieavgift på kr 320 som skal gjelde for ektefelle/sambuarar med eventuelle barn mellom 16 og 18 år og einslege med barn i same aldersgruppa (barn under 16 år er fritekne for avgifta). I 2005 innførde ein òg ei eiga avgift for fiske med fastståande reiskap i sjøen. Sesongstart for dette fisket varierer i dei forskjellige regionane, og satsen er kr 500 for dei som kan starte fisket før 1. juli, og kr 300 for dei som har fiskestart etter 1. juli. Regjeringa foreslår ingen auke i satsane for 2006.
Inntektene frå avgiftene gjer at det er budsjettert med ein kapitalstraum i Statens fiskefond som vist i tabellen under.
Tabell 18.6 Berekning av kapital i Statens fiskefond i 2006:
(i 1000-kr) | |
---|---|
Tekst: | |
Saldo pr. 31.12.04: | 1 671 |
Budsjettert innbetalt i 2005: | 14 390 |
Budsjettert refusjon i 2005 (utbetalingar frå fondet): | -15 000 |
Budsjettert saldo pr. 31.12.05: | 1 061 |
Budsjettert innbetalt i 20061: | 15 300 |
Budsjettert refusjon i 2006 (utbetalingar frå fondet): | -14 500 |
Budsjettert saldo pr. 31.12.06: | 1 861 |
1 Talet inkluderer stipulerte renteinntekter på 0,15 mill. kroner.
Administrasjon og økonomiforvaltning
Statens fiskefond blir forvalta av Miljøverndepartementet ved Direktoratet for naturforvaltning. Utgiftene over statsbudsjettet skal normalt svare til dei inntektene ein ventar at fondet vil ha same året. Eventuelle overskytande inntekter skal overførast og blir kapitaliserte i fondet.
Refusjonane frå Statens fiskefond finansierer utgifter til fisketiltak og fiskeforvaltning over kap. 1425 (jf. kap. 4425) og forsking på fiskeressursar over kap. 1410 post 50 (jf. kap. 4410 post 50). Meirverdiavgifta knytt til verksemda i fondet er budsjettert under kap. 1633 post 01 Driftsutgifter.
Planlagt bruk av refusjonane frå Statens fiskefond går fram av tabellen under.
Tabell 18.7 Samla refusjonar frå Statens fiskefond i 2006:
(i 1000 kr) | |
---|---|
Formål: | |
Prosjekt, administrasjon mv. (kap. 1425.01): | 6 459 |
Tilskot til fiskeformål (kap. 1425.70): | 6 500 |
Sum refusjon frå Statens fiskefond under kap. 1425, jf. kap. 4425: | 12 959 |
Refusjon til kap. 1633 Netto statleg betalt meirverdiavgift, post 01 Driftsutgifter | 541 |
Fiskeforsking, NINA (kap. 1410.50, jf. kap. 4410.50): | 1 000 |
Sum refusjon frå Statens fiskefond i 2006 | 14 500 |
Spesielt om lokal bruk av midlane
I fordelinga av fondsmidlane, fråtrekt nødvendige driftsutgifter, vil ein arbeide for at minst 50 pst. av midlane går til tiltak som er initierte lokalt. Andre tiltak som er meint å gi effekt for eit avgrensa område, eit bestemt vassdrag eller fjordområde, og der lokale aktørar deltek i stor grad, blir òg rekna som lokale tiltak, sjølv om dei er initierte og administrerte frå offentleg forvaltning, organisasjonar eller institusjonar på sentralt nivå.
Kap. 1426 Statens naturoppsyn (jf. kap. 4426)
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2004 | Saldert budsjett 2005 | Forslag 2006 |
01 | Driftsutgifter | 54 523 | 55 899 | 55 439 |
30 | Tiltak i nasjonalparkane , kan overførast | 9 630 | 10 391 | 8 272 |
31 | Tiltak i naturvern-, kulturlandskaps- og friluftsområde , kan overførast | 16 406 | 21 171 | 20 467 |
32 | Skjergardsparkar o.a. , kan overførast | 11 252 | 13 195 | 13 139 |
Sum kap. 1426 | 91 810 | 100 656 | 97 317 |
Kap. 1426 Statens naturoppsyn omfattar midlar til etablering og drift av Statens naturoppsyn og midlar til tiltak i naturvern- og friluftsområde. Midlane under kap. 1426 er hovudsakleg retta mot resultatområde 1 Berekraftig bruk og vern av biologisk mangfald, dernest resultatområde 2 Friluftsliv, og i noko grad resultatområde 11 Områdeovergripande verkemiddel og fellesoppgåver.
Rolle og oppgåver for Statens naturoppsyn
Statens naturoppsyn er etablert med heimel i lov om statleg naturoppsyn av 21. juni 1996. Statens naturoppsyn er framleis under utvikling, og arbeider for å etablere eit samla grep om statleg oppsynsinnsats i naturområde. Den nasjonale leiinga ligg i Direktoratet for naturforvaltning. Det heiltidstilsette lokale oppsynet er òg tilsett i Direktoratet for naturforvaltning, men har arbeidsstad tilknytt eit geografisk område. Dei områda der behovet for styrkt oppsyn er størst, blir prioriterte.
Hovudoppgåvene er informasjon og rettleiing, i tillegg til bl.a. kontroll, registrering, dokumentasjon, skjøtsel og drift. I dette inngår òg viktige oppgåver innan rovviltforvaltninga, bl.a. bestandsregistrering og skadedokumentasjon knytt til den lovfesta erstatningsordninga. Statens naturoppsyn har òg eit overordna ansvar for lakseoppsynet og oppfølginga av ordninga med Skjergardstenesta. Ei viktig utfordring for oppsynet er å skape forståing og respekt for regelverket som finst på dette området. Verksemda er basert på eigne oppsynsstillingar i kombinasjon med kjøp av tenester og samarbeid med andre oppsynsordningar lokalt og regionalt. Det blir lagt stor vekt på å etablere godt samarbeid med dei andre aktørane innan naturoppsyn. Dette gjeld både fjelloppsynet i regi av fjellstyra, Statskogs fjellteneste og politiet. Særleg er samordning med politiet viktig når det gjeld oppgåver knytte til kontroll. Statens naturoppsyn samverkar med desse gjennom bl.a. miljøforum og sentrale og regionale oppsynsutval.
Miljøverndepartementet vil elles aktivt følgje opp Stortingets vedtak om Finnmarkslova som føreset at Statens naturoppsyn skal overta personellet i Statskog Fjelltenesta i Finnmark.
Evaluering av Statens naturoppsyn
Slik føresetnaden var ved etableringa av Statens naturoppsyn, jf Ot.prp. nr. 30 (1995-96) Om lov om statlig naturoppsyn, er det våren 2005 gjennomført ei evaluering av verksemda.
Etter open anbodskonkurranse vart Norsk institutt for by- og regionforsking (NIBR) gitt evalueringsoppdraget. Rapporten frå evalueringa låg føre i april 2005 (NIBR-rapport 2005:5 Evaluering av Statens naturoppsyn).
Evalueringa er i hovudsak positiv. Statens naturoppsyn står i dag fram som eit bortimot landsdekkjande, heilskapleg og kompetent statleg naturoppsyn. Statens naturoppsyn har utvikla seg i tråd med dei føringane som er gitt i lovforarbeid og seinare styringssignal. I evalueringa blir spesielt Statens naturoppsyns nyorganisering av kystoppsynet trekt fram som eit godt eksempel på korleis Statens naturoppsyn har greidd å utvikle oppsyn som er geografisk og tematisk breiare enn dei tidlegare ordningane. Statens naturoppsyn har også evna å tilpasse seg endringar i oppgåver; særleg blir det peikt på måten Statens naturoppsyn har løyst rovviltoppgåvene etter Stortingets føresetnader.
Statens naturoppsyn har også utvikla eit velfungerande og samordna naturoppsyn i dei fleste nasjonalparkane/store verneområde. Det blir likevel peikt på at ein del av styringssignala til Statens naturoppsyn er uklare, og dette har gitt grunnlag for sterke konfliktar i enkelte område.
Evalueringa peikar på at Miljøverndepartementet bør ta på seg ei meir aktiv rolle som eigar av Statens naturoppsyn. Dette omfattar ei tydeleggjering av Statens naturoppsyns rolle i miljøforvaltninga med tanke på direktoratsfunksjonar. Det er særlig reist spørsmål rundt fylkesmennenes bestillarrolle i forhold til Statens naturoppsyn og prioriteringa av midlane til skjøtselstiltak i verneområde. Miljøverndepartementet vil i styringsdialogen med Direktoratet for naturforvaltning/Statens naturoppsyn gjere rollene tydelegare. Det vil bli etablert prosedyrar som sikrar at prioriteringa av midlar til tiltak i verneområde blir sett i nær samanheng med forvaltninga av områda elles.
Miljøverndepartementet vil leggje vekt på å tydeleggjere Statens naturoppsyns rolle som oppsyns- og feltapparat.
I tråd med tilråding i evalueringsrapporten vil Miljøverndepartementet også gå aktivt inn i avklaringa av formelle forhold og samarbeidsformer med politiet. Som omtalt i St.meld. nr. 42 (2004-2005) Politiets rolle og oppgaver er det på sentralt nivå etablert eit samarbeid mellom Direktoratet for naturforvaltning og Politidirektoratet for å utvikle ei felles rolleforståing når det gjeld det fortløpande samarbeidet i dei respektive underliggjande einingane.
På same måten vil Miljøverndepartementet i samråd med Landbruks- og matdepartementet tydeleggjere samarbeidsbehov og rolleforståing når det gjeld statleg oppsyn i statsallmenningar og forholdet mellom Statens naturoppsyn og fjellstyras oppsynsordningar.
Miljøverndepartementet vil også vurdere behovet for presiseringar i lovverket rundt Statens naturoppsyn. I NOU 2004:28 Om ny naturmangfoldlov er også tilsynsoppgåvene utgreidde og det er foreslått endringar i lovverket, bl.a. for å presisere tilsynsheimelen. Dette vil bli følgt opp i samband med lovarbeidet som skal gjerast elles i oppfølginga av denne utgreiinga.
Evalueringa peiker på at Statens naturoppsyn bør utvikle/betre sin kommunikasjonsstrategi. Som ledd i dette har Statens naturoppsyn no utvikla eiga internettside (www.naturoppsyn.no).
Post 01 Driftsutgifter
Posten dekkjer lønns- og driftsutgifter til Statens naturoppsyn, blant anna lønn til engasjement i den sentrale eininga i Direktoratet for naturforvaltning, og kjøp av ulike tenester i samband med drifta av det samla statlege naturoppsynet. Posten dekkjer òg utgifter til dei lokale rovviltkontaktane som arbeider med dokumentasjon av rovviltskadar.
Posten dekkjer vidare utgifter til IT- og sambandsutstyr, køyretøy og oppsynsbåtar, feltutstyr, uniform/arbeidsklede, opplæringstiltak, informasjonsmateriell, tiltak innan naturvegleiing m.m. og utviklingskostnader. Utgiftene knytte til oppdragsverksemda er óg ført under denne posten. Inntektene til denne verksemda er budsjetterte under kap. 4426 post 01 Ymse inntekter.
Regjeringa legg stor vekt på oppfølging av bl.a. nasjonalparkplanen, óg når det gjeld oppsyn. Oppsynet er viktig, ikkje minst når det gjeld informasjon og vegleiing til dei som nyttar nasjonalparkane
Til etablering av effektivt oppsyn i nyetablerte nasjonalparkar og andre store verneområde, er posten styrkt med 3 mill. kroner.
Meirverdiavgifta knytt til denne posten er frå 2006 budsjettert på eit eige utgiftskapittel til dekning av meirverdiavgift i statsforvaltninga. Om lag 3,9 mill. kroner er som følgje av dette rammeoverført til kap. 1633 Nettoordning statleg betalt meirverdiavgift, post 01 Driftsutgifter i 2006. Dette vil ikkje få innverknad i forhold til aktivitetsnivået på posten.
Post 30 Tiltak i nasjonalparkane, kan overførast
Posten dekkjer statlege investeringsutgifter og tiltak i samband med oppfølginga av nasjonalparkane og tilliggjande verneområde i tråd med godkjent forvaltningsplan og andre styringsdokument. Vidare dekkjer posten utgifter til tilretteleggingstiltak av ulike slag i samband med styringa av ferdsla inntil og i nasjonalparkane. I 2006-budsjettet er det omdisponert 2 mill. kroner frå posten til kap. 1427 post 21 Spesielle driftsutgifter for å dekkje utgifter til informasjonstiltak i samband med nasjonalparkar og for å styrkje omfanget av lokal forvaltning i nasjonalparkar og store verneområde. Samtidig er budsjettet til desse formåla styrkt på annan måte over kap. 1427 post 21. Kap. 1426 post 30 skal derfor i 2006 ikkje dekkje utgifter til desse formåla.
Regjeringa ønskjer på ein berekraftig måte å gjere nasjonalparkar og andre større verneområde meir tilgjengelege for brukarane. Dette skal skje gjennom tilrettelegging i tråd med Regjeringas politikk for bruk av verneområde i lokal næringsutvikling, jf. omtala av dette i St.prp. nr. 65 (2002-2003) Tilleggsbevilgninger og omprioriteringar i statsbudsjettet medregnet folketrygden 2003. Opparbeiding av stigar og løyper, klopping og merking, tiltak for å betre tilgjenget til verneområda, etablering av parkeringsplassar og etablering av informasjonsordningar medverkar til å sikre viktige kvalitetar ved at stor ferdsel og aktivitet blir kanalisert til bestemte område. Naturen blir lettare tilgjengeleg for brukarane, og dermed blir òg grunnlaget for lønnsame reiselivsaktivitetar betre.
Meirverdiavgifta knytt til denne posten er frå 2006 budsjettert på eit eige utgiftskapittel til dekning av meirverdiavgift i statsforvaltninga. 119 000 kroner er som følgje av dette rammeoverført til kap. 1633 Nettoordning statleg betalt meirverdiavgift, post 01 Driftsutgifter i 2006. Dette vil ikkje få innverknad i forhold til aktivitetsnivået på posten.
Post 31 Tiltak i naturvern-, kulturlandskaps- og friluftslivsområde, kan overførast
Posten dekkjer utgifter til ulike praktiske tiltak som følgjer av statleg tileigning av nasjonalt eller regionalt viktige friluftslivsområde, eller varige servituttavtaler for å sikre allmentas friluftsinteresser i slike område. Posten dekkjer òg feltvise utgifter i naturområde freda ved kgl. res. Dette er bl.a. utgifter til opparbeiding av stigar, tilrettelegging for publikum, uteinformasjonstiltak og skjøtsel for å ivareta biologisk mangfald mv. Det siste vil òg kunne gjelde dei høgast prioriterte områda i Nasjonal registrering av verdifulle kulturlandskap.
Meirverdiavgifta knytt til denne posten er frå 2006 budsjettert på eit eige utgiftskapittel til dekning av meirverdiavgift i statsforvaltninga. 704 000 kroner er som følgje av dette rammeoverført til kap. 1633 Nettoordning statleg betalt meirverdiavgift, post 01 Driftsutgifter i 2006. Dette vil ikkje få innverknad i forhold til aktivitetsnivået på posten.
Post 32 Skjergardsparkar o.a., kan overførast
Posten er primært retta mot resultatområde 2, og dekkjer utgifter til den praktiske forvaltninga av skjergardsparkar og friluftslivsområde langs kysten, knytt til drift av skjergardstenesta i Oslofjorden, i skjergardsparkane og i Vestkystparken. Skjergardstenesteordninga er etablert med bakgrunn i statleg initiativ. Posten dekkjer òg statlege naturoppsynsoppgåver som er integrerte i skjergardstenesta. Departementet legg òg fram forslag om ei bestillingsfullmakt under posten på 2 mill. kroner, jf. Forslag til vedtak V nr. 1.
Meirverdiavgifta knytt til denne posten er frå 2006 budsjettert på eit eige utgiftskapittel til dekning av meirverdiavgift i statsforvaltninga. 54 000 kroner er som følgje av dette rammeoverført til kap. 1633 Nettoordning statleg betalt meirverdiavgift, post 01 Driftsutgifter i 2006. Dette vil ikkje få innverknad i forhold til aktivitetsnivået på posten.
Kap. 4426 Statens naturoppsyn (jf. kap. 1426)
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2004 | Saldert budsjett 2005 | Forslag 2006 |
01 | Ymse inntekter | 42 | 118 | 122 |
15 | Refusjon av arbeidsmarknadstiltak | 3 | ||
18 | Refusjon av sjukepengar | 153 | ||
Sum kap. 4426 | 198 | 118 | 122 |
Post 01 Ymse inntekter
På posten er det ført ulike inntekter for Statens naturoppsyn, bl.a. inntekter frå oppdragsverksemda.
Kap. 1427 Direktoratet for naturforvaltning (jf. kap. 4427)
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2004 | Saldert budsjett 2005 | Forslag 2006 |
01 | Driftsutgifter | 77 717 | 78 579 | 77 893 |
21 | Spesielle driftsutgifter | 39 603 | 43 721 | 49 311 |
30 | Statlege tileigningar, bandlegging av friluftsområde , kan overførast | 19 315 | 34 405 | 34 180 |
32 | Statlege tileigningar, fylkesvise verneplanar , kan overførast | 19 780 | 19 450 | 17 976 |
33 | Statlege tileigningar, barskogvern , kan overførast | 62 194 | 56 868 | 42 664 |
34 | Statlege tileigningar, nasjonalparkar , kan overførast | 8 361 | 5 100 | 4 700 |
35 | Statlege tileigningar, nytt skogvern , kan overførast | 11 383 | 57 213 | 66 708 |
70 | Tilskot til kalking og lokale fiskeformål , kan overførast | 87 451 | 100 200 | 70 000 |
71 | Risikoerstatning i rovviltområde, kan overførast | 56 970 | ||
72 | Erstatning for beitedyr tatt av rovvilt , overslagsløyving | 79 229 | 77 006 | 20 000 |
73 | Førebyggjande og konfliktdempande tiltak i rovviltforvaltninga , kan overførast | 31 651 | 32 000 | 37 000 |
74 | Tilskot til friluftslivstiltak , kan overførast | 11 025 | 15 520 | 15 520 |
75 | Internasjonale avtaler og medlemskap | 990 | 1 010 | 1 010 |
77 | Tilskot til nasjonalparksentre , kan overførast | 10 398 | 11 400 | 12 700 |
78 | Friluftsrådas landsforbund og interkommunale friluftsråd , kan overførast | 5 300 | 5 300 | 6 000 |
Sum kap. 1427 | 464 397 | 537 772 | 512 632 |
Midlane under kap. 1427 er først og fremst retta mot resultatområde 1 Berekraftig bruk og vern av biologisk mangfald, dernest resultatområde 2 Friluftsliv, i tillegg til resultatområde 11 Områdeovergripande verkemiddel og fellesoppgåver. I noko grad går midlane òg til resultatområda 3 Kulturminne og kulturmiljø, 8 Internasjonalt miljøvernsamarbeid og miljøvern i polarområda, 9 Regional planlegging og 10 Kart og geodata.
Direktoratet for naturforvaltnings rolle og oppgåver
Direktoratet for naturforvaltning er Miljøverndepartementets sentrale rådgivande og utøvande fagorgan innan naturforvaltninga.
Arbeidet til Direktoratet for naturforvaltning med bl.a. skogvern og nasjonalparkar, forvaltning av truga arter, lakseforvaltning, marin naturforvaltning og vassdragsforvaltning og tilrettelegging for friluftsliv er ein føresetnad for å få gjennomført nasjonal politikk og få sett i verk konkrete tiltak nasjonalt, regionalt og lokalt.
Direktoratet har brei oversikt over naturtilstanden i Noreg og rapporterer fortløpande om dette. Direktoratet har fagleg instruksjonsmynde overfor miljøvernavdelingane ved fylkesmannsembeta. Dei konkrete miljømåla som direktoratet arbeider mot er omtalte under resultatområda i Del II. Hovudstrategiane for å nå måla er:
Sikre ein brei variasjon i norsk natur og landskap og halde oppe den naturlege produksjonsevna
Syte for at omsynet til ei langsiktig disponering av naturressursane blir lagt til grunn ved areal- og vassdragsplanlegging og planar om naturinngrep
Fremje høve til å bruke naturen til friluftsliv, opplæring og hausting
Skaffe fram og formidle kunnskap som grunnlag for ei aktiv og førebyggjande naturforvaltning
Lakseforvaltning
Styresmaktene konsentrerer innsatsen om å ta vare på dei viktigaste bestandane og leveområda deira. I den samanhengen er ordninga med nasjonale laksevassdrag og laksefjordar viktig. Eit program for overvaking av nasjonale laksefjordar og –vassdrag er sett i gang i 2005 med fullt omfang frå 2006.
Kunnskapsgrunnlaget for lakseforvaltninga må stadig betrast gjennom forsking, overvaking og utviklingsarbeid. Forskinga er for ein stor del lagd til forskingsrådets program om villaksforsking. Direktoratet for naturforvaltning gjennomfører overvaking i kalka vassdrag, indeksvassdrag, på sjøstasjonar og i utvalde elver. Det er no starta eit overvakingsprogram for nasjonale laksevassdrag og laksefjordar og ein heilskapleg plan for lakseovervakinga. Ei permanent nasjonal faggruppe tek for seg resultata frå overvakinga. Gruppa oppsummerar bestandssituasjonen og gir råd til Direktoratet for naturforvaltning ut frå dette.
Det blir lagt stor vekt på innsatsen mot dei viktigaste trusselfaktorane, bl.a. lakselus, rømt oppdrettslaks, skadelege effektar av inngrep i vassdrag, og parasitten Gyrodactylus salaris. Kalking av laksevassdrag har medført styrking og nyetablering av laks i fleire forsura elvar og stor auke i lakseproduksjonen. Genbanken for laks er eit viktig verkemiddel for å ta vare på det genetiske mangfaldet, mens ein ventar på at trusselfaktorane skal reduserast eller eliminerast. Reguleringane i laksefisket skal tilpassast betre til situasjonen for dei enkelte bestandane. Det blir i den samanhengen arbeidd for ei meir prognosebasert regulering.
Det blir lagt stor vekt på å utvikle systemet for lokal lakseforvaltning og å styrkje det sektorovergripande samarbeidet om lakseforvaltninga. Eit samarbeidsforum for relevante direktorat er oppretta, og det blir arbeidd for å styrkje kontroll og tilsynsoppgåver for dei ansvarlege sektorane. Utvikling av fisketurisme vil òg bli prioritert. Ei oversikt over situasjonen for dei ville laksebestandane, går fram av tabellen under:
Tabell 18.8 Bestandssituasjonen for laks januar 2005, talet på elvar.
Kategori | Beskriving | Tal |
---|---|---|
1 | Tapt bestand | 45 |
2 | Truga bestand | 28 |
3a | Sårbar bestand – nær tolegrensa | 34 |
3b | Sårbar bestand – kan oppretthaldast ved tiltak | 20 |
4a | Redusert bestand – ungfiskproduksjon | 66 |
4b | Redusert bestand – berre vaksenfiskbestand | 7 |
5a | Moderat/lite påverka bestand – spesielt omsynskrevjande | 207 |
5b | Moderat/lite påverka bestand – ikkje spesielt omsynskrevjande | 45 |
X | Usikker kategoriplassering | 11 |
Totalt tal lakseelvar i Noreg | 463 |
Nedkjemping av lakseparasitten Gyrodactylus salaris
I alt 19 vassdrag er i dag infiserte av lakseparasitten Gyrodactylus salaris. Det er gjennomført kjemisk behandling av 26 vassdrag. Av desse er 15 vassdrag friskmelde, mens 11 er under overvaking etter behandling. Dei infiserte vassdraga ligger i områda frå Skibotnelva i Troms i nord til Sandeelva i Vestfold i sør. I 2003 kom det i gang kjemisk behandling for å nedkjempe parasitten i Ranaregionen i Nordland, med Ranaelva og Røssåga som dei viktigaste vassdraga. Denne aksjonen vart sluttført hausten 2004. Vassdraga er no under overvaking, og vil tidlegast kunne friskmeldast i 2009. I 2003 starta storskalaforsøk med bruk av aluminium for å fjerne Gyrodactylus salaris. I 2004 vart det gjennomført fullskalaforsøk i Batnfjordselva i Møre og Romsdal, med mål å fjerne parasitten ved å tilsetje surt aluminiumsulfat kombinert med små mengder rotenon på område der det var vanskeleg og lite føremålstenleg å nytte aluminium. I 2005 starta aluminiumsbehandlinga i Lærdalselva. Det er òg gjennomført ei smitteavgrensande behandling i vassdrag i Steinkjer etter at parasitten vart påvist sommaren 2005.
I 2006 er planen å fullføre nedkjemping av Gyrodactylus salaris i Lærdalselva i Sogn og Fjordane. Situasjonen i Steinkjervassdraget, Romsdalsregionen, Vefsna i Nordland og i Driva i Møre og Romsdal vil òg bli følgt opp.
Samla framstilling av den økonomiske satsinga på bevaring av villaksen
I budsjettet for 2006 vil det bli disponert om lag 91 mill. kroner til arbeidet med å ta vare på dei ville laksebestandane. Midlane er budsjetterte på følgjande poster:
kap. 1400 post 21 Spesielle driftsutgifter/kap. 1633 Netto statleg betalt meirverdiavgift, post 01 Driftsutgifter med 8,5 mill. kroner til innsats for dei ville laksebestandane
kap. 1410 post 50 Basisløyvingar til miljøforskingsinstitutta med om lag 1 mill. kroner til nasjonale forskingsoppgåver knytte til dei ville laksebestandane
kap. 1410 post 51 Forskingsprogram m. m. med 6,7 mill. kroner til forskingsprogrammet om villaks
kap. 1425 post 01 Driftsutgifter/kap. 1633 post 01 med om lag 7 mill. kroner til ulike bevaringstiltak
kap. 1425 post 70 Tilskot til fiskeføremål med om lag 6,5 mill. kroner til lokale tiltak
kap. 1426 post 01 Driftsutgifter/kap. 1633 post 01 med om lag 5 mill. kroner til lakseoppsyn
kap. 1427 post 21 Spesielle driftsutgifter/kap. 1633 post 01 med om lag 16,5 mill. kroner til særskilte tiltak mot Gyrodactylus salaris
kap. 1427 post 70 Tilskot til kalking og lokale fiskeføremål med om lag 40 mill. kroner til tiltak for bevaring av laksestammene i forsuringsramma vassdrag
I tillegg til dei beløpa som er gitt her, kjem lønn til dei som arbeider med bevaring av villaksen i Miljøverndepartementet (kap. 1400 post 01 Driftsutgifter), i Direktoratet for naturforvaltning (kap. 1427 post 01 Driftsutgifter) og hos fylkesmannen (kap. 1510 post 01 Driftsutgifter).
Arbeidet med nasjonalparkar og andre store verneområde
Dette arbeidet har politisk forankring i St.meld. nr. 62 (1991-92) Ny landsplan for nasjonalparker og andre større verneområder i Norge. Planen omfattar i dag 54 naturområde og skal vere sluttført innan 2010. Planen omfattar gjennomføring av vernevedtak og ein rekkje, ulike tiltak knytte til forvaltning og oppsyn. Midlane til dei ulike prosessane og tiltaka er budsjetterte på ulike postar og kapitel, jf. oppsettet under.
Samla framstilling av den økonomiske satsinga på nasjonalparkar og andre store verneområde
I budsjettet for 2006 vil det bli disponert om lag 60 mill. kroner til arbeidet med nasjonalparkane. Dette er ein auke på om lag 6 mill. kroner frå 2005. Midlane er budsjetterte på følgjande poster:
kap. 1426 post 01 Driftsutgifter/kap. 1633 Netto statleg betalt meirverdiavgift, post 01 Driftsutgifter med om lag 16 mill. kroner til oppsyn og forvaltning i nasjonalparkar, inkludert tenestekjøp frå Statskog fjelltenesta og lokale fjellstyre.
kap. 1426 post 30 Tiltak i nasjonalparkane/kap. 1633 post 01 med 8,4 mill. kroner.
kap. 1426 post 31 Tiltak i naturvern-, kulturlandskaps- og friluftsområde/kap. 1633 post 01 med ca. 4 mill. kroner.
kap. 1427 post 21 Spesielle driftsutgifter/kap. 1633 post 01 med om lag 14,3 mill. kroner. Av dette går ca. 6,5 mill. kroner til forsøk med lokal forvaltning, ca. 3,9 mill. kroner til konsekvensutgreiingar og prosesskostnader (ekskl. lønn) knytte til nasjonalparkar, ca. 2,2 mill. kroner til utarbeiding av forvaltningsplanar, ca. 1 mill. kroner til statlege tilsynsutval i nasjonalparkar og ca. 0,7 mill. kroner til informasjonsmateriell og nettsider.
kap. 1427 post 34 Statlege tileigningar, nasjonalparkar/kap. 1633 post 01, med 5,1 mill. kroner.
kap. 1427 post 77 Tilskot til nasjonalparksenter med 12,7 mill. kroner, inkludert 2,1 mill. kroner til arbeidet med naturområde på verdsarvlista.
I tillegg til dei beløpa som er gitt her, kjem løn til dei som arbeider med nasjonalparkplanen i Miljøverndepartementet (kap. 1400 post 01 Driftsutgifter), i Direktoratet for naturforvaltning (kap. 1427 post 01 Driftsutgifter) og hos fylkesmennene (kap. 1510 post 01 Driftsutgifter).
Samla framstilling av den økonomiske satsinga på rovvilt
I budsjettet for 2006 vil det bli disponert om lag 136 mill. kroner til arbeidet med bevaring av dei fem store rovviltartene i Noreg (bjørn, jerv, ulv, gaupe og kongeørn). I høve til saldert budsjett for 2005 aukar løyvingane til rovvilt med 9,2 mill. kroner fordelt på 5 mill. kroner til førebyggjande tiltak og 4,2 mill. kroner til overvaking av rovvilt. Midlane er budsjetterte på følgjande postar:
Kap. 1410 post 21 Miljøovervaking og miljødata/kap. 1633 Netto statleg betalt meirverdiavgift, post 01 Driftsutgifter til registrering og overvaking av bestandane av rovvilt med 9,7 mill. kroner.
kap. 1410 post 51 Forskingsprogram med om lag 1,8 mill. kroner. Dette blir finansiert under forskingsprogrammet for «Landskap i endring».
kap. 1426 post 01 Driftsutgifter under Statens naturoppsyn/kap. 1633 post 01 med om lag 9 mill. kroner, hvorav 7 mill. kroner til rovviltkontaktane (dokumentasjon av rovviltskadar og førebyggjande arbeid i forhold til faunakriminalitet) og 2 mill. kroner til statleg fellingslag for rovvilt.
kap. 1427 post 21 Spesielle driftsutgifter/kap. 1633 post 01 med om lag 1,8 mill. kroner til drift av nasjonalt fagråd for rovviltovervaking og møtegodtgjersle til dei regionale rovviltnemndene.
kap. 1427 post 71 Risikoerstatning i rovviltområde, med 57 mill. kroner.
kap. 1427 post 72 Erstatningar for beitedyr tekne av rovvilt med 20 mill. kroner.
kap. 1427 post 73 Førebyggjande og konfliktdempande tiltak i rovviltforvaltninga med 37 mill. kroner.
Arbeidet med bestandsregistrering (kap. 1410 post 21/kap. 1633 post 01) er eit sentralt element i den nye rovviltpolitikken. Midlane til dette er auka frå 5,5 mill. kroner i saldert budsjett 2005 til 9,7 mill. kroner i 2006. Gode bestandsdata med størst mogleg lokal aksept er eit av dei viktigaste konfliktdempande tiltaka knytt til rovviltpolitikken. Satsinga inneber utvida feltbasert verksemd med auka lokal medverknad. Overvakingsprogrammet skal tilpassast dei krava til presisjon som er stilte for den enkelte art, med utgangspunkt i nye bestandsmålsetjingar og ei nyleg gjennomført evaluering av overvakingsprogrammet. Bestandsestimat bestemmer frå 1. april 2005 fordelinga av mynde mellom dei regionale rovviltnemndene og overordna styresmakt, og er avgjerande for utrekning av ny rovvilterstatning med førehandsbetalt risikoerstatning i område med risiko for tap av husdyr og tamrein frå beitesesongen 2006. Gode bestandsestimat som det er semje om er saman med skadedokumentasjonsarbeidet til Statens naturoppsyn (kap. 1426 post 01) òg sentrale for rovviltnemndenes prioritering av midlar til førebyggjande og konfliktdempande tiltak.
I tillegg til dei beløpa som er gitt her, kjem løn til dei som arbeider med rovviltforvaltninga i Miljøverndepartementet (kap. 1400 post 01 Driftsutgifter), i Direktoratet for naturforvaltning (kap. 1427 post 01 Driftsutgifter) og hos fylkesmannen (kap. 1510 post 01 Driftsutgifter).
Samla framstilling av satsinga på bevaring av fjellrev
Regjeringa har sett i gang tiltak for å hindre at fjellreven blir borte frå den norske fjellnaturen. I budsjettet for 2006 blir det gjort framlegg om å disponere 4,9 mill. kroner til arbeidet med å ta vare på fjellreven. Ein tek sikte på å nytte midlane til ulike tiltak for å styrkje bestanden, til å auke kunnskapen om fjellreven og til naudsynt overvaking av arten. Arbeidet med fjellreven vil i all hovudsak følgje Direktoratet for naturforvaltnings handlingsplan for fjellrev. Fleire tiltak er sette i verk og vil bli vidareførte i 2006.
Eitt av tiltaka er eit prosjekt med innfanging og avl av fjellrev for seinare utsetjing i naturen. Fjellrevar er blitt fanga inn, og det blir arbeidd med å få fjellrevane til å reprodusere i fangenskap.
Eit anna tiltak er eit fleirårig forsøk med raudrevkontroll på Varangerhalvøya. Prosjektet har som målsetjing å få redusert raudrevbestanden slik at raudrevens konkurranse med fjellreven på Varangerhalvøya blir mindre. Ei målsetjing i prosjektet er òg at uttak av raudrev som metode kan bli grundig evaluert.
Overvaking av fjellreven blir gjennomført årleg. Ein nasjonal database over hi for fjellrev vart oppretta i 2004. Løyvingane til arbeidet med fjellreven er budsjetterte på ulike postar på Miljøverndepartementets budsjett. I oppstillinga nedanfor er det gjort greie for kor stor del av budsjettet under dei respektive kapitla og postane som blir nytta til formålet.
Midlane er budsjetterte på følgjande postar:
kap. 1400 post 21 Spesielle driftsutgifter/kap. 1633 Netto statleg betalt meirverdiavgift, post 01 Driftsutgifter med 1 mill. kroner til arbeid for bevaring av fjellreven
kap. 1427 post 21 Spesielle driftsutgifter/kap. 1633 post 01 med 3 mill. kroner til ulike faglege prosjekt for bevaring av fjellreven.
kap. 1410 post 21 Miljøovervaking og miljødata/kap. 1633 post 01 med 0,9 mill. kroner til naudsynt overvaking av fjellrev
I tillegg til dei beløpa som er gitt her, kjem løn til dei som arbeider med bevaring av fjellreven i Miljøverndepartementet (kap. 1400 post 01 Driftsutgifter) og i Direktoratet for naturforvaltning (kap. 1427 post 01 Driftsutgifter).
Samla framstilling av satsing på villrein
Noreg er det einaste landet i Europa som har intakte høgfjellsøkosystem med bestandar av villrein. Villreinen skal ha ein sentral plass i norsk fjellfauna også i framtida.
På oppdrag frå Direktoratet for naturforvaltning vart det i 2004 gjennom prosjektet «Villrein og Samfunn» gjennomført ein brei gjennomgang av kunnskapsstatus og eksisterande tiltak og verkemiddel i villreinforvaltninga i eit nært samspel mellom forsking, forvaltning og brukarar. Formålet var å leggje grunnlaget for å tryggje framtida for villreinen. Oppfølginga av tilrådingar frå prosjektet starta i 2005, og dette arbeidet vil bli ført vidare i 2006.
Villreinnemndene har ein viktig funksjon i villreinforvaltninga. Frå 1. januar 2005 følgjer godtgjersle for villreinnemndenes arbeid reglane for godtgjersle i statlege utval. Dette vil bidra til å gi dette arbeidet større tyngd, og gi rom for å følgje opp tilrådingar frå prosjektet Villrein og Samfunn.
Post 01 Driftsutgifter
Posten dekkjer lønn til tilsette, husleige og andre faste driftsutgifter for Direktoratet for naturforvaltning. Etter fleire år med reduksjonar i driftsløyvinga, har direktoratet utsett nødvendige investeringar i sin infrastruktur, som it-utstyr og inventar, og skyve på ein del tiltak, f.eks. kompetansehevingstiltak. Samtidig har direktoratet fått auka oppgåvemengd, bl.a. som følgje av den forserte satsinga på gjennomføring av nasjonalparkplanen, nytt skogvern, sikring av friluftsområde og tiltak for villaksen. Direktoratets driftsbudsjett vart derfor auka i 2005, og auken blir vidareført i 2006.
Meirverdiavgifta knytt til denne posten er frå 2006 budsjettert på eit eige utgiftskapittel til dekning av meirverdiavgift i statsforvaltninga. 1,8 mill. kroner er som følgje av dette rammeoverført til kap. 1633 Nettoordning statleg betalt meirverdiavgift, post 01 Driftsutgifter i 2006. Den nyoppretta ordninga for føring av meirverdiavgift vil ikkje få innverknad på aktivitetsnivået på posten.
Løyvinga kan overskridast mot tilsvarande meirinntekter under kap. 4427, post 01, jf. Forslag til vedtak II nr. 1.
Post 21 Spesielle driftsutgifter
Posten dekkjer utgifter til faglege prosjekt og oppdrag som direktoratet utfører, og utgifter som er knytte til inntekter over kap. 4427.
Det er lagt inn ei auka satsing til tiltaka under denne posten på 8 mill. kroner i 2006. Auken skal i første rekkje gå til formål knytte til nasjonalparkar og andre store verneområde, så som utvida forsøk med lokal forvaltning, utarbeiding av forvaltningsplanar og utarbeiding av informasjonsmateriell. Arbeidet med marint vern og oppbygging av marin kompetanse vil få eit løft. Arbeidet for å verne truga arter i norsk natur vil òg bli styrkt, samstundes som meir ressursar vil bli sette inn mot introduksjon og spreiing av arter som er fremmande i norsk natur. Ein har òg sett av midlar til å førebu den neste Trondheimskonferansen om biologisk mangfald som skal gjennomførast i 2007.
Ein vil halde fram med arbeidet knytt til bevaring av fjellreven, styrking av dei ville laksestammene, vassdragsforvaltning (inkludert arbeidet med EUs vassdirektiv), konsekvensutgreiingar i høve til nasjonalparkar, internasjonale bistandsoppdrag og jegerprøveordninga. Det er òg sett av midlar til tilsynsutval for nasjonalparkar, drift av nasjonalt fagråd for rovviltovervaking, møtegodtgjersle for dei regionale rovviltnemndene, og direktoratets arbeid med gjennomføring av det statleg-kommunale kartleggingsarbeidet for biologisk mangfald. Utgifter til drifta av Kongsvold Fjeldstue og Songli forsøksgard blir òg dekte over posten.
Av auken på posten har 0,6 mill. kroner samanheng med auka inntekter under kap. 4427 post 54, jf. omtale under denne posten.
Meirverdiavgifta knytt til denne posten er frå 2006 budsjettert på eit eige utgiftskapittel til dekning av meirverdiavgift i statsforvaltninga. 2,5 mill. kroner er som følgje av dette rammeoverført til kap. 1633 Nettoordning statleg betalt meirverdiavgift, post 01 Driftsutgifter i 2006. Den nyoppretta ordninga for føring av meirverdiavgift vil ikkje få innverknad på aktivitetsnivået under posten.
Løyvinga kan overskridast mot tilsvarande meirinntekter under kap. 4427 post 09 og post 54, jf. Forslag til vedtak II nr. 1.
Post 30 Statlege tileigningar, bandlegging av friluftsområde, kan overførast
Midlane under posten er retta mot resultatområde 2 Friluftsliv.
Regjeringa prioriterer høgt arbeidet med å sikre nye friluftsområde. Særleg er det viktig at område i kystsona blir sikra. Det å gjere nye strandområde tilgjengelege er eit konkret tiltak som betrar tilhøva for friluftsliv for mange brukarar.
Staten har det økonomiske ansvaret for å sikre særskilte friluftsområde av nasjonal og regional verdi som f.eks. skjergardsparkar (jf. kap. 1426 post 32 Skjergardsparkar o.a.). Staten investerer òg i kommunal sikring av lokalt viktige friluftsområde i byar og tettstader gjennom bidrag til sikring mot tinglyst bandlegging av arealbruken til allment friluftsliv. Løyvinga kan normalt ikkje nyttast til å kjøpe bygningar. Unntak gjeld bygningar som anten skal rivast eller dei kan nyttast i friluftslivsamanheng i området.
Sikringa blir gjennomført ved tileigning eller ved servituttavtale med grunneigar, helst på frivillig grunnlag, men i enkelte tilfelle òg ved ekspropriasjon eller ved vilkår til konsesjon. I tillegg til sikring av friluftsområde skal midlane òg dekkje andre utgifter som er knytte til gjennomføring av desse oppgåvene.
Investeringsmidlane blir utbetalte når Direktoratet for naturforvaltning har motteke formell dokumentasjon på at heimel eller rett er overført og at staten sine vilkår er oppfylte.
Meirverdiavgifta knytt til denne posten er frå 2006 budsjettert på eit eige utgiftskapittel til dekning av meirverdiavgift i statsforvaltninga. 225 000 kroner er som følgje av dette rammeoverført til kap. 1633 Nettoordning statleg betalt meirverdiavgift, post 01 Driftsutgifter i 2006. Den nyoppretta ordninga for føring av meirverdiavgift vil ikkje få innverknad på aktivitetsnivået på posten.
Forslaget inneber behov for tilsegnsfullmakt på 17,2 mill. kroner i 2006, jf. Forslag til vedtak VI.
Ved behandlinga av St.prp. nr. 65 (2004-2005) Tilleggsbevilgninger og omprioriteringer i statsbudsjettet medregnet folketrygden 2005, vart det til overtaking av forsvarseigedommar til friluftsformål løyvd 2,2 mill. kroner på kap. 1427 post 30 og 22,2 mill. kroner på ny post 49 Statlege tileigningar, kjøp av forsvarseigedommar til friluftsformål. Ein del av dei aktuelle områda blir truleg ikkje klare for overføring til friluftsføremål i 2005 og delar av desse løyvingane vil derfor bli overført til 2006.
Det blir elles vist til nærare omtale av sikringsarbeidet under resultatområde 2 Friluftsliv.
Post 32 Statlege tileigningar, fylkesvise verneplanar, kan overførast
Midlane under posten er retta mot resultatområde 1 Berekraftig bruk og vern av biologisk mangfald. Posten skal dekkje utgifter til å erstatte dei økonomiske tapa som eigarar og rettshavarar har ved vernetiltak etter naturvernlova, jf. erstatningsreglane i lova. Erstatningar blir fastsette ved minnelege avtaler eller ved rettslege skjønn. Posten skal dekkje kjøp av område som er verna eller føresett verna etter naturvernlova, og utgifter som staten som grunneigar har i samband med forvaltninga av innkjøpte eigedomar. Forutan erstatning og kjøp skal midlane på denne posten òg dekkje andre kostnader som er knytte til gjennomføring av verneplanane.
Meirverdiavgifta knytt til denne posten er frå 2006 budsjettert på eit eige utgiftskapittel til dekning av meirverdiavgift i statsforvaltninga. 1,5 mill. kroner er som følgje av dette rammeoverført til kap. 1633 Nettoordning statleg betalt meirverdiavgift, post 01 Driftsutgifter i 2006. Den nyoppretta ordninga for føring av meirverdiavgift vil ikkje få innverknad på aktivitetsnivået på posten.
Ut frå dei kostnadsoverslaga vi har i dag medfører dette behov for ei tilsegnsfullmakt på til saman 56,9 mill. kroner i 2006, jf. Forslag til vedtak VI.
Det blir elles vist til nærare omtale av verneplanarbeidet under resultatområde 1 Berekraftig bruk og vern av biologisk mangfald.
Post 33 Statlege tileigningar, barskogvern, kan overførast
Midlane under posten er i hovudsak retta mot resultatområde 1 Berekraftig bruk og vern av biologisk mangfald, og gjeld «den gamle barskogplanen». Denne barskogplanen vart vedteken i 1996 med siste vernevedtak i 2002 i tråd med Stortingets behandling av stortingsmeldinga om barskogvern, jf. St.meld. nr. 40 (1994-95) Opptrapping av barskogvernet fram mot år 2000. Det vil vere behov for løyving på posten i nokre få år framover, fram til erstatningsoppgjer for dei vedtekne verneområda er gjennomførte. Løyvingar til nytt skogvern er omtalt under kap. 1427 post 35 Statlege tileigningar, nytt skogvern.
Posten skal dekkje utgifter til å erstatte dei økonomiske tapa eigarar og rettshavarar har hatt ved barskogvern etter naturvernlova, jf. erstatningsreglane i lova. Erstatningar blir fastsette ved minnelege avtalar eller ved rettslege skjønn. Posten skal òg dekkje kjøp av skogområde som er verna etter naturvernlova og utgifter som staten som grunneigar har i samband med forvaltninga av innkjøpte eigedommar.
Posten dekkjer òg utgifter til gjennomføring av makeskifteløysingar. Frå 2003 vart praksis i samband med makeskifte endra slik at grunneigar beheld eigedomsretten på arealet i verneområdet. Det er òg opna for bruk av opsjonsavtaler ved kjøp av makeskifteareal. Posten skal vidare dekkje andre kostnader knytte til gjennomføring av skogvernet.
Den framlagte løyvinga skal dekkje kostnader til allereie verna skog.
Meirverdiavgifta knytt til denne posten er frå 2006 budsjettert på eit eige utgiftskapittel til dekning av meirverdiavgift i statsforvaltninga. 1 mill. kroner er som følgje av dette rammeoverført til kap. 1633 Nettoordning statleg betalt meirverdiavgift, post 01 Driftsutgifter i 2006. Dette vil ikkje få innverknad i forhold til aktivitetsnivået på posten.
Det blir elles vist til nærare omtale av verneplanarbeidet under resultatområde 1 Berekraftig bruk og vern av biologisk mangfald.
Post 34 Statlege tileigningar, nasjonalparkar, kan overførast
Midlane under posten er retta mot resultatområde 1 Berekraftig bruk og vern av biologisk mangfald.
Posten skal dekkje utgifter til erstatning av det økonomiske tapet eigarar og rettshavarar har ved vernetiltak etter naturvernlova, jf. erstatningsreglane i lova. Erstatningar blir fastsette ved minnelege avtaler eller ved rettslege skjønn.
Forutan erstatning og vederlag skal midlane på denne posten òg dekkje andre kostnader som er knytte til gjennomføring av nasjonalparkplanen.
Gjennomføringa av nasjonalparkplanen, jf. St.meld. nr. 62 (1991-1992) Ny landsplan for nasjonalparker og andre større verneområder i Norge, vil følgje ei framdrift som sikrar at planen er sluttført i år 2010.
Posten er ført vidare med same løyvingsnivå som i 2005. Ut frå dagens kostnadsoverslag er det gjort framlegg om ei tilsegnsfullmakt på 74,4 mill. kroner i 2006, jf. Forslag til vedtak VI.
Meirverdiavgifta knytt til denne posten er frå 2006 budsjettert på eit eige utgiftskapittel til dekning av meirverdiavgift i statsforvaltninga. 400 000 kroner er som følgje av dette rammeoverført til kap. 1633 Nettoordning statleg betalt meirverdiavgift, post 01 Driftsutgifter i 2006. Dette vil ikkje få innverknad i forhold til aktivitetsnivået på posten.
Det blir elles vist til nærare omtale av verneplanarbeidet under resultatområde 1 Berekraftig bruk og vern av biologisk mangfald.
Post 35 Statlege tileigningar, nytt skogvern, kan overførast
Midlane under posten er i hovudsak retta mot resultatområde 1 Berekraftig bruk og vern av biologisk mangfald.
Posten skal dekkje utgifter til erstatning av dei økonomiske tapa eigarar og rettshavarar har ved skogvern etter naturvernlova, jf. erstatningsreglane i lova. Erstatningar blir fastsette ved minnelege forhandlingar eller ved rettslege skjønn. Posten skal òg dekkje kjøp av skogområde som er verna eller føresett verna etter naturvernlova, utgifter som staten som grunneigar har i samband med forvaltninga av innkjøpte eigedommar, vederlagsordning for område som er under vurdering for vern, og utgifter til gjennomføring av makeskifteløysingar knytte til nytt vern.
Midlane på denne posten skal vidare dekkje andre utgifter som er knytte til gjennomføring av skogvernet, som registrering og vurdering av verneverdiar, informasjonstiltak, grensemerking, utarbeiding av forvaltningsplanar når dette er nødvendig for å fastsetje skjønnsføresetnadene, mv.
Regjeringa framhevar i forslaget til strategi for auka skogvern i St.meld. nr. 25 (2002-2003) Regjeringens miljøvernpolitikk og rikets miljøtilstand, at det er nødvendig å auke skogvernet i Noreg. Regjeringa gjer derfor framlegg om ei auka løyving til nytt vern med 11 mill. kroner i 2006. 1,5 mill. kroner av dette beløpet er budsjettert under kap. 1633 Nettoordning statleg betalt meirverdiavgift, post 01 Driftsutgifter. Løyvingsforslaget under kap. 1427 post 35 er i 2006 på 66,7 mill. kroner. Det vil dessutan være behov for ei tilsegnsfullmakt under posten på 71,4 mill. kroner, jf. Forslag til vedtak VI.
Viktige utfordringar i arbeidet med å vidareføre og auke skogvernet i 2006, blir å sikre god fagleg kvalitet ved at dei viktigaste områda blir fanga opp i arbeidet, samtidig som ein sikrar god dialog med skogeigarar og andre partar.
Løyvinga vil blant anna bli brukt til frivillig vern. Samarbeidet med Noregs Skogeigarforbund om frivillig skogvern vart starta opp i 2003, og dei første vernevedtaka er planlagt seinhausten 2005. Samarbeidet blir vidareført i 2006, og det er planlagt nye vernevedtak for prioriterte frivillig vern-område, blant anna i boreal regnskog i Midt-Noreg.
Midlane på posten vil i tillegg dekkje utbetaling av erstatningar knytte til Skjellingshovde og Fugglia som vart verna i 2004, og til 16 skogområde som vart verna i juni 2005.
Det vil i 2006 bli sett i gang nye systematiske naturfaglege registreringar i prioriterte skogtypar, som beskrive i St.meld. nr. 25 (2002-2003).
På areal eigd av Opplysningsvesenets fond skal det gjennomførast kartlegging av verneverdig skog.
Prosessen for vern av området Trillemarka-Rollag Østfjell blir ført vidare med sikte på vernevedtak i 2006, jf. St.prp. nr. 1 (2004-2005). Dette er eitt av dei største gammalskogsområda som er att i Sør-Noreg.
Auken i fullmakta på 23,7 mill. kroner skal dekkje uteståande tilsegn på vernet av områda Skjellingshovde i Oppland og Fugglia i Hedmark som fant stad i 2004. Fullmakta for desse tilsegna låg tidlegare på kap. 1427 post 52 Overføring til skogvern under Jordfondet, men er i 2006 overført 35-posten.
Det blir elles vist til nærare omtale av verneplanarbeidet under resultatområde 1 Berekraftig bruk og vern av biologisk mangfald.
Post 70 Tilskot til kalking og lokale fiskeformål, kan overførast
Tilskotsordningane under denne posten rettar seg mot resultatområda 1 Berekraftig bruk og vern av biologisk mangfald og delar av resultatområde 7 Klimaendringar, luftforureining og støy.
Mål
Målsetjinga med tilskotsordninga er å redusere negative effektar på det biologiske mangfaldet i vassdrag som følgje av sur nedbør og andre alvorlege menneskeskapte trugsmål. Vidare skal tilskotsordninga nyttast til å avdekkje behov for nye tiltak eller gi grunnlag for innsats som kan redusere behovet for kalking i Noreg. Kalkingsverksemda har i dei seinaste åra hatt eit nivå på om lag 3 000 lokale prosjekt og 24 elvekalkingsprosjekt.
I tråd med Stortingets føresetnader (jf. Innst.S. nr. 9 (2004-2005)) er 2 mill. kroner av løyvinga for 2005 nytta til tiltak mot introduserte fiskearter i ferskvatn. I samband med revidert nasjonalbudsjett (jf. St.prp. nr. 65 (2004-2005)) vart 3 mill. kroner omdisponert til oppfølging av EUs rammedirektiv for ferskvatn, og 1 mill. kroner til auka bruk av aluminium i kampen mot lakseparasitten Gyrodactylus salaris. Løyvinga til kalkingsprosjekt og tilknytte aktivitetar i 2005 har såleis vore på 94,2 mill. kroner i 2005.
Tilførsla av sur nedbør har blitt sterkt redusert dei seinaste åra. Nedfallet av svovel og andre forsurande stoff er redusert med om lag 65 pst. sidan 1980, men enno er om lag 10 pst. av arealet i Noreg forsuringsskadd. Dersom alle avtalte reduksjonar i luftutslepp blir oppfylte vil om lag 7 pst. av landet vere påverka i 2010, men etter dette og fram mot 2030 er det berre venta små ytterlegare forbetringar i forsuringssituasjonen.
Med basis i 2004 viser ein gjennomgang gjort av Direktoratet for naturforvaltning at mindre forsuring vil redusere behovet i kommande år for midlar til vidareføring av prosjekt som er sette i gang.
For 2006 blir det gjort framlegg om ei løyving på 70 mill. kroner til kalkingsprosjekt og tilknytte aktivitetar. Aktiviteten er noko lågare enn planen frå Direktoratet for naturforvaltning, men likevel på eit akseptabelt nivå.
Kriterium for måloppnåing
Hovudkriteriet for måloppnåing er at ein oppnår god vasskvalitet i dei områda som blir kalka.
Tildelingskriterium
Tilskot kan givast til prosjekt i område der tolegrensa for menneskeskapt forsuring er overskriden. I tillegg vil bl.a. førekomst av organismar og fiskeslag som er følsame for forsuring bli vurdert ved prioritering av prosjekt. Prosjekt som er inkluderte i forslag til nasjonal handlingsplan for kalking for perioden 2004-2010, og/eller fylkesvise planar for kalkingsverksemda blir prioriterte. Tilskot kan bl.a. givast til kjøp, transport og spreiing av kalk og nødvendige installasjonar. Det blir òg gitt tilskot til tiltak innan fiskekultivering og andre tiltak for å styrkje fiskebestandane i kalka vassdrag og til utprøving av kalking og alternative tiltak i terrenget. Posten dekkjer òg informasjon om effektar av utførte tiltak og vegleiing om kalking i vatn og vassdrag. Delar av tilskotsordninga er bundne i langsiktige tiltak.
Tilskotsmottakarar er organiserte lag som jeger- og fiskarforeiningar, fiskarlag, grunneigarlag o.l., og kommunar.
Ved tildeling av midlar skal det stillast vilkår om at fiske i området blir opna for allmenta etter retningslinjer gitt av miljøstyresmaktene, og at søkjaren medverkar med ein viss eigeninnsats. Eigeninnsatsen kan vere delfinansiering, dugnadsarbeid, kultiveringstiltak o.a.
Tilskotsordninga blir forvalta dels av Direktoratet for naturforvaltning og dels av fylkesmennene.
Oppfølging og kontroll
Resultatkontroll og oppfølging skjer gjennom undersøkingar av vasskvalitet og biologiske forhold i dei kalka vassdraga. Resultata er positive. Fiskebestandar er reetablerte og biologisk mangfald er sikra gjennom kalking. På Sørlandet har laksefisket hatt ei svært positiv utvikling i dei kalka elvane, og denne regionen er igjen blitt viktig for norsk villaks.
Post 71 Risikoerstatning i rovviltområde, kan overførast
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Underpost | Nemning | Rekneskap 2004 | Salder budsjett 2005 | Forslag 2006 |
71.1 | Risikoerstatning til sau i rovviltområde, kan overføres | 38 220 | ||
71.2 | Risikoerstatning til tamrein i rovviltområde, kan overføres | 18 750 | ||
Sum post 71 | 56 970 |
Rovvilterstatningane er frå 2006 budsjetterte under to postar (kap. 1427 post 71 Risikoerstatningar i rovviltområde og post 72 Erstatningar for beitedyr tatt av rovvilt). Endringa følgjer av Stortingets behandling av St.meld. nr. 15 (2003-2004) Rovvilt i norsk natur, jf. Innst. S. nr. 174 (2003-2004). Post 71 omfattar risikoerstatning ved beitedrift med sau eller tamrein i område med faste førekomstar av rovvilt. Post 72 omfattar erstatningar for dokumenterte tap, udokumenterte tap i område der det ikkje er venta at det vil oppstå rovviltskade, og udokumenterte tap der det er gjennomført førebyggjande tiltak, men der det likevel har oppstått rovviltskade.
Løyvinga på dei to postane i 2006 svarer til løyvinga på kap. 1427 post 72 i 2005. Ein viser elles til samla omtale av ny erstatningsordning under Del II, resultatområde 1, og samla omtale av budsjettmidlar til rovvilt i innleiinga til kap. 1427.
Midlane under post 71 er retta mot resultatområde 1 Berekraftig bruk og vern av biologisk mangfald.
Mål
Den samla erstatninga etter kap. 1427 post 71 og post 72 skal for det første sikre at driftseiningar med husdyr og tamrein skal få erstatta sitt økonomiske tap når rovvilt skadar eller drep beitedyr. Dette er i tråd med viltlova § 12a. For det andre skal den samla erstatningsordninga motivere driftseininga til å setje i verk effektive førebyggjande tiltak. Erstatningsordninga er utforma på ein slik måte at det skal vere lønnsamt for den einskilde driftseininga å innretta seg slik at rovviltskade over tid blir redusert mest mogleg. Løyvinga på post 71 dekkjer eitt av dei tre elementa i den samla erstatningsordninga, den førehandsutbetalte risikoerstatninga for sau og tamrein.
Kriterium for måloppnåing
Kriterium for måloppnåing er at erstatningsordninga samla (dvs. kap. 1427 postane 71 og 72) stimulerer til lågare tap og konfliktar i forhold til rovviltforekomst i dei ulike rovviltregionane.
Tildelingskriterium
Risikoerstatning vil bli utbetalt i samsvar med ny erstatningsforskrift som vil bli fastsett i løpet av vinteren 2005-2006. Sjå eigen omtale av ny erstatningsordning under Del II, resultatområde 1.
Oppfølging og kontroll
Datagrunnlaget for den førehandsutbetalte risikoerstatninga blir kvalitetssikra av Norsk institutt for naturforsking (NINA) med utgangspunkt i feltdata om bestandssituasjon og kadaverdokumentasjon registrert av Statens naturoppsyn. Utarbeiding av grunnlagsdata for rovviltforvaltning blir dekt over kap. 1410 post 21 Miljøovervaking og miljødata, som i 2006 er auka frå 5,5 mill. kroner til 9,7 mill. kroner til føremålet.
Post 72 Erstatning for beitedyr tatt av rovvilt, overslagsløyving
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Underpost | Nemning | Rekneskap 2004 | Saldert budsjett 2005 | Forslag 2006 |
72.1 | Erstatning for husdyr | 57 977 | 47 006 | 13 000 |
72.2 | Erstatning for tamrein | 21 252 | 30 000 | 7 000 |
Sum post 72 | 79 229 | 77 006 | 20 000 |
Posten omfattar erstatningar for dokumenterte og udokumenterte tap av husdyr og tamrein. Midlane under posten er retta mot resultatområde 1 Berekraftig bruk og vern av biologisk mangfald. Erstatningane kan variere frå år til år, bl.a. på grunn av naturgitte forhold. Løyvingsbehovet er slik sett vanskeleg å stipulere, og posten er derfor budsjettert som overslagsløyving.
Ved jordbruksoppgjeret i 2003 vart det gjort endringar i landbrukets tilskotsordningar som fekk innverknad på satsane for rovvilterstatning for sau og lam. Dette var ikkje innarbeidd i satsane for erstatning i 2003. Rekneskapstala for 2004 inkluderer derfor ei etterbetaling på ca. 5,3 mill. kroner frå 2003.
Ein viser elles til samla omtale av ny erstatningsordning under Del II, resultatområde 1.
Mål
Den samla erstatninga etter kap. 1427 post 72 og post 71 Risikoerstatning i rovviltområde, skal for det første sikre at driftseiningar med husdyr og tamrein skal få erstatta det økonomiske tapet når rovvilt skadar eller drep beitedyr. Dette er i tråd med viltlova § 12a. For det andre skal den samla erstatningsordninga motivere driftseininga til å setje i verk effektive førebyggjande tiltak. Erstatningsordninga er utforma på ein slik måte at det skal vere lønnsamt for den einskilde driftseininga å innrette seg slik at rovviltskade over tid blir redusert mest mogleg. Løyvinga på post 72 dekkjer to av dei tre elementa i den samla erstatningsordninga, erstatning for dokumenterte og udokumenterte tap av husdyr og tamrein.
Kriterium for måloppnåing
Kriterium for måloppnåing er at erstatningsordninga samla (dvs. kap. 1427 postane 71 og 72) stimulerer til mindre tap og konfliktar i forhold til rovviltførekomst i dei ulike rovviltregionane.
Tildelingskriterium
Erstatning for dokumenterte og udokumenterte tap vil bli utbetalt i samsvar med ny erstatningsforskrift som vil bli fastsett i løpet av vinteren 2005-2006. Sjå eigen omtale av ny erstatningsordning under Del II, resultatområde 1.
Oppfølging og kontroll
Erstatningssøknadene for udokumenterte skadar blir gått gjennom av fylkesmannen for å sikre at vilkåra for erstatning er oppfylte. Skadedokumentasjonen er for heile landet organisert i regi av Statens naturoppsyn. Erstatning for skadar dokumenterte av Statens naturoppsyn vil bli utbetalt direkte til dyreeigar utan søknad.
Post 73 Førebyggjande og konfliktdempande tiltak i rovviltforvaltninga, kan overførast
Midlane er retta mot resultatområde 1 Berekraftig bruk og vern av biologisk mangfald og omfattar førebyggjande og konfliktdempande tiltak i rovviltforvaltninga. Midlane kan òg nyttast til utviklingsarbeid med klar relevans til målet med posten. Posten er i 2006 auka med 5 mill. kroner i høve til saldert budsjett 2005.
Frå 2006 blir det ein klarare økonomisk stimulans til å gjennomføre førebyggjande tiltak med utgangspunkt i insentiva i ny erstatningsordning ved rovviltskadar på sau og tamrein, jf. kap. 1427 post 71 Risikoerstatning i rovviltområde og kap. 1427 post 72 Erstatning for beitedyr tatt av rovvilt.
Mål
Målet med tilskotsordninga er å førebyggje rovviltskadar i husdyrhald og tamreindrift gjennom å bidra til å finansiere førebyggjande tiltak. Vidare skal midlane medverke til å dempe konfliktar i forhold til bjørn og ulv i lokalsamfunn.
For 2006 vil det bli lagt vekt på å føre vidare arbeidet med tiltak innan førebygging og konfliktdemping med utgangspunkt i Stortingets behandling av St.meld. nr. 15 (2003-2004) Rovvilt i norsk natur, jf. Innst. S. nr. 174 (2003-2004). Det vil bli lagt vekt på ei effektivisering av arbeidet med førebyggjande tiltak gjennom satsing på kostnadseffektive fellestiltak.
Kriterium for måloppnåing
Kriterium for måloppnåing er at tilskotsordninga stimulerer til mindre tap og konfliktar i forhold til rovviltførekomst i dei ulike rovviltregionane gjennom iverksetjing av effektive førebyggjande og konfliktdempande tiltak.
Tildelingskriterium
For tilskot til førebyggjande og konfliktdempande tiltak gjeld eit eige regelverk. Det vil òg bli utvikla ei eiga nettside for å gjere dei ulike førebyggjande tiltaka meir tilgjengelege for beitebrukarane. I tråd med føringane i rovviltpolitikken vil ein hovuddel av midlane bli kanalisert gjennom dei åtte nye regionale rovviltnemndene. Midlane skal nyttast til førebyggjande tiltak i husdyrhald og tamreindrift, til konfliktdempande tiltak retta mot kommunar og lokalsamfunn og til ei vidareføring av forsøket med ein jaktleigeordning innafor ulverevir, i tråd med Stortingets føresetnader. I kvar region vil den regionale rovviltnemnda utarbeide forvaltningsplanar som skal sikre at det over tid blir lagt til rette for tilpassingar som gir eit best mogleg skilje mellom beitedyr og faste førekomstar av rovvilt. Dette inneber blant anna at besetningar med store årlege tap til rovvilt bør prioriterast for tilskot til nødvendige driftstilpassingar, jf. òg omtala av ny erstatningsordning under resultatområde 1 og i postomtala til kap. 1427 postane 71 Risikoerstatning i rovviltområde og 72 Erstatning for beitedyr tekne av rovvilt. Dei nye regionale rovviltnemndene vil ha hovudansvaret for at tildelingane over posten skjer i tråd med eigen forvaltningsplan i den einskilde regionen. Det vil frå 2006 bli lagt auka vekt på å utarbeide nasjonale standardar for iverksetjing av dei ulike førebyggjande tiltaka.
Oppfølging og kontroll
Det blir utført ein generell formalia- og sannsynskontroll av rapportar frå tilskotsmottakarar om gjennomføring av tiltak og ressursforbruk. For å sikre effektiv bruk av midlane vil det frå 2006 bli lagt auka vekt på ein kontroll med at førebyggjande tiltak som er støtta med offentlege midlar følgjer nasjonale standardar der slike er utarbeidd.
Post 74 Tilskot til friluftslivstiltak, kan overførast.
Midlane under posten er retta mot resultatområde 2 Friluftsliv. Løyvinga er på same nivå som i Friluftslivets år 2005, då løyvinga vart auka med 5 mill. kroner. Etter at den særskilte satsinga i Friluftslivets år er avslutta, vil det såleis vere ein reell auke i løyvinga til friluftsliv. Auken skal nyttast til konkrete tiltak til fremje av friluftslivet for barn, unge og funksjonshemma.
Mål
Målet med tilskotsordninga er å medverke til stimuleringstiltak og haldningsskapande arbeid for friluftsliv, under dette tiltak som styrkjer allmenta sine interesser. Posten skal òg dekkje drifta av dei regionale nettverka «Forum for natur og friluftsliv» (FNF).
Kriterium for måloppnåing
Måloppnåinga vil bli dokumentert gjennom resultatindikatorane på resultatområde 2 Friluftsliv i Del II, sjå tabell 7.1.
Tildelingskriterium
I 2006 er tiltak retta inn mot oppfølging av «Handlingsplan for fysisk aktivitet 2005-2009» og rapporten «Friluftsliv for funksjonshemma».
Oppfølging og kontroll
Tilskotsmottakar blir følgt opp i forhold til at midlane blir nytta som føresett og at tiltak blir gjennomførte. Kontrollen overfor tilskotsmottakar går føre seg gjennom generell formalia- og sannsynskontroll av innsende rapporter.
Post 75 Internasjonale avtaler og medlemskap
Tilskotsordninga er primært knytt til ei rekkje arbeidsmål på resultatområde 1 Berekraftig bruk og vern av biologisk mangfald, men fleire arbeidsmål under resultatområde 8 er òg relevante.
Mål
Målet for tilskotsordninga er å støtte organisasjonane som er nemnde nedanfor i deira internasjonale arbeid for vern av biologisk mangfald og berekraftig bruk av biologiske ressursar, og å gjere Direktoratet for naturforvaltning og andre delar av miljøforvaltninga i stand til å delta i det faglege internasjonale nettverket desse organisasjonane utgjer.
Kriterium for måloppnåing
Kriterium for måloppnåing er om Noreg gjennom si støtte til dei internasjonale organisasjonane i rimelig grad bidrar til at desse kan utføre sine oppgåver, og at Direktoratet for naturforvaltning og anna miljøforvaltning får tilgang til arbeidet som skjer i dei.
Tildelingskriterium
Posten skal dekkje utgifter til kontingent i samband med medlemskap i relevante internasjonale organisasjonar, under dette:
Federation of Nature and National Parks of Europe (FNNPE)
Conseil International de La Chasse (CIC)
Verdas naturvernunion (Government Agency member) – The World Conservation Union (IUCN)
Wetlands International (WI)
BirdLife International (BI)
Nordisk kollegium for viltforsking (NKV)
Den europeiske organisasjonen for bevaring av geologiarven (ProGEO)
Posten skal òg dekkje utgifter knytte til relevante oppfølgingsprosjekt i tilknyting til medlemskapen, slik som i den nordatlantiske laksevernorganisasjonen – North Atlantic Salmon Conservation Organisation (NASCO). Kontingenten til NASCO er dekt over kap. 1400 post 71 Internasjonale organisasjonar.
Det skjer ei kontinuerleg vurdering av organisasjonen sine målsetjingar og kva nytte Direktoratet for naturforvaltning kan ha av medlemskapen.
Oppfølging og kontroll
Oppfølging skjer hovudsakleg i form av deltaking i og bidrag til møte i organisasjonanes styrande organ, der det blir fatta avgjersler bl.a. om budsjett, kontingentar og økonomisk styring. Oppfølging av spesielle prosjekt skjer gjennom deltaking i referanse-, arbeids- eller styringsgrupper, ved kontakt med slike grupper, eller ved direkte kontakt med prosjektet.
Kontrollen skjer i hovudsak gjennom generell formalia- og sannsynskontroll av innsende prosjektrapportar og årsmeldingar, og av revisorstadfesta årsrekneskapar frå organisasjonane. I tillegg deltek Direktoratet for naturforvaltning på møte i organisasjonanes styrande organ, der det blir fatta avgjersler bl.a. om budsjett, kontingentar og økonomisk styring.
Post 77 Tilskot til nasjonalparksentre, kan overførast.
Frå posten blir det gitt tilskot til to formål: Det eine er nasjonalparksenter, det andre er arbeidet med norske verdsarvområde med viktige naturverdiar.
Tilskotsordninga for nasjonalparksentra er i hovudsak retta mot resultatområda 1 Berekraftig bruk og vern av biologisk mangfald og 2 Friluftsliv. Posten er auka med 0,2 mill. kroner til nasjonalparksentra. Løyvinga vil bli brukt til å arbeide vidare med etableringa av desse. Nasjonalparksenter er viktige i arbeidet med å gi informasjon og rettleiing til dei som besøkjer nasjonalparkane. Ein gjer framlegg om ei tilsegnsfullmakt knytt til nasjonalparksenter på 2 mill. kroner, jf. Forslag til vedtak VI.
Når det gjeld tilskotsordninga for norske verdsarvområde med viktige naturverdiar, gjer ein framlegg om å auke posten med 1,1 mill. kroner slik at dette arbeidet får eit budsjett på 2,1 mill. kroner i 2006. Denne delen av løyvinga er primært retta mot resultatområde 1 Berekraftig bruk og vern av biologisk mangfald, men omfattar òg resultatområde 2 Friluftsliv og resultatområde 3 Kulturminne og kulturmiljø. Midlane må sjåast i samanheng med midlar til dei norske verdsarvområda under kap. 1429 post 72 Vern og sikring av freda og verneverdige kulturminne og kulturmiljø.
Mål
Målet med tilskotsordninga er å sikre etablering og drift av nasjonalparksenter ved eksisterande og framtidige nasjonalparkar jf. omtale under resultatområde 1. Nasjonalparksentras hovudfunksjon er å formidle informasjon om natur- og kulturverdiar og medverke til ei god forvaltning av nasjonalparkane. Nasjonalparksenter er viktige i arbeidet med å gi informasjon og rettleiing til dei som besøkjer nasjonalparkane. Det er i 2005 utarbeidd ein revidert strategi for statleg medverknad i nasjonalparksentra.
Når det gjeld verdsarvområda, er målet med tilskotsordninga ei berekraftig forvaltning av norske verdsarvområde med viktige naturverdiar.
Kriterium for måloppnåing
Måloppnåing for nasjonalparksentra blir vurdert på bakgrunn av årlege rapportar i samsvar med «Policy og retningslinjer for miljøforvaltningens samarbeid med nasjonalparksentrene» (Rapport 2005-1).
Måloppnåing for verdsarvområda blir vurdert ut frå om forvaltninga er i tråd med kriteria for tildeling av verdsarvstatus.
Tildelingskriterium
Tilskot blir gitt til forprosjektering og etableringskostnader for nye nasjonalparksenter, og tiltak innan informasjonsformidling og kompetanseutvikling ved eksisterande senter, under dette driftstilskot. Tilskot vil gå til å arbeide vidare med etableringa av nasjonalparksenter som enno ikkje er ferdigbygde etter tidlegare vedteken prioriteringsplan. Sluttføring av nasjonalparksentret i Lierne gjenstår.
Midlane til verdsarvområde skal gå til å følgje opp forvaltinga av slike område i Noreg som har viktige naturverdiar. Mottakarar er i hovudsak organisasjonar som arbeider med oppfølging av verdsarvområda. Vegaøyane er tekne inn på UNESCOs verdsarvliste i 2004. Det vestnorske fjordlandskapet med Geirangerfjorden og Nærøyfjorden er ført på lista i 2005. Arbeidet med nominering av Lofoten har starta.
Oppfølging og kontroll
Resultatkontroll og oppfølging skjer ved at tilskotsmottakarane leverer sluttrapportar og -rekneskap og eventuelt framdriftsrapportar med rekneskap. Det blir utført ein generell formalia- og sannsynskontroll av rapportane og rekneskapane. Det blir òg nytta stikkprøvekontroll, bl.a. ved gjennomsyn av utstillingar og informasjonsmateriell som det er gitt støtte til.
I høve til verdsarvområda blir tilskotsmottakar følgt opp i forhold til at midlane blir nytta som føresett og at tiltak blir gjennomførte. Kontrollen overfor tilskotsmottakar går føre seg gjennom generell formalia- og sannsynskontroll av innsende rapporter.
Post 78 Friluftsrådas landsforbund og interkommunale friluftsråd, kan overførast
Midlane under posten er retta mot resultatområde 2 Friluftsliv. Posten er auka med 0,7 mill. kroner for å styrkje arbeidet i regi av friluftsråda.
Mål
Målet med tilskotsordninga er å styrkje allmentas interesser for og deltaking i friluftslivet gjennom det arbeidet som skjer i Friluftsrådas Landsforbund (FL), paraplyorganisasjonen for dei interkommunale friluftsråda. FL vart oppretta 1986, er i jamn vekst, og har i dag 17 tilslutta interkommunale friluftsråd som til saman dekkjer 163 kommunar med ca. 63 pst. av befolkninga i landet.
Kriterium for måloppnåing
Måloppnåinga blir m.a. vurdert ut frå oppnådde resultat i dei interkommunale friluftsrådas arbeid med sikring, opparbeiding og skjøtsel av friluftsområde og tal på deltakarar i aktivitetsfremjande tiltak.
Tildelingskriterium
Tilskotsordninga har to formål. For det første skal ordninga gi grunnstøtte til FL (jf. at andre miljøvernorganisasjonar får grunnstøtte over kap. 1400 post 70) og dei interkommunale friluftsråda. Vidare er den retta mot praktiske friluftslivstiltak i deira regi. FL står for organisering av arbeidet med sikring, tilrettelegging og skjøtsel av friluftslivsområde på vegner av det offentlege.
Oppfølging og kontroll
Tilskotsmottakar blir følgt opp i forhold til at midlane blir nytta som føresett og at tiltak blir gjennomførte. Kontrollen overfor tilskotsmottakar skjer ved gjennomgang av rapportar som blir leverte til fastsette tidspunkt. Rapportering i forhold til bruk av tilskotsmidlar blir òg tekne opp i årlege møte med Friluftsrådas Landsforbund.
Post 79 Kompensasjon ved flytting av oppdrettsanlegg
I samband med opprettinga av nasjonale laksevassdrag og laksefjordar vedtok Stortinget at enkelte nasjonale laksefjordar skal vere oppdrettsfrie innan 2011, jf. Innst. S. nr. 134 (2002-2003). Stortinget vedtok også at det skal givast «rimelig kompensasjon» for verksemder som må flytte ut av nasjonale laksefjordar som følgje av vedtaket. Dette gjeld tre oppdrettsanlegg.
Stortinget vedtok i samband med behandlinga av St.prp, nr. 65 (2004-2005) Tilleggsbevilgninger og omprioriteringer i statsbudsjettet med regnet folketrygden 2005, jf. Innst. S. nr. 240 (2004-2005) at Miljøverndepartementet kan gi tilsegn om å dekkje oppdrettsanleggas dokumenterte flyttekostnader innafor ei total ramme på 6,75 mill. kroner, dvs. inntil 2,25 mill. kroner pr. anlegg jf. Forslag til vedtak VI. I samsvar med Stortingets vedtak vil ingen oppdrettsanlegg bli pålagt å flytte før 1. mars 2011. Vel nokon av oppdrettsanlegga å flytte i 2006, vil eventuelle utbetalingar i 2006 bli foreslått løyvde i samband med nysalderinga av 2006-budsjettet.
Kap. 4427 Direktoratet for naturforvaltning (jf. kap. 1427)
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2004 | Saldert budsjett 2005 | Forslag 2006 |
01 | Ymse inntekter | 6 583 | 6 791 | 7 008 |
09 | Internasjonale oppdrag | 8 005 | 1 892 | 1 953 |
15 | Refusjon arbeidsmarknadstiltak | 39 | ||
16 | Refusjon av fødselspengar/adopsjonspengar | 1 229 | ||
18 | Refusjon av sjukepengar | 1 578 | ||
40 | Inntekter frå sal av makeskifteareal | 55 | ||
54 | Gebyr | 2 480 | 2 300 | 2 900 |
Sum kap. 4427 | 19 968 | 10 983 | 11 861 |
Post 01 Ymse inntekter
Under posten blir ført inntekter ved sal av rapportar frå Direktoratet for naturforvaltning og andre produkt og oppdragsinntekter. Dei tilsvarande utgiftene er budsjetterte under kap. 1427 post 01 Driftsutgifter. I tillegg blir her inntektsført refusjon frå kap. 1425 til dekning av direktoratets utgifter over kap. 1427 post 01 til forvaltning av tilskotspostane på kap. 1425 og fondsforvaltninga av Viltfondet og Statens fiskefond med 4,5 mill. kroner. Dette er i samsvar med ein fleirårig praksis.
Løyvinga under kap. 1427 post 01 kan overskridast mot tilsvarande meirinntekter under denne posten, jf. Forslag til vedtak II nr. 1.
Post 09 Internasjonale oppdrag
Inntektene under posten skal finansiere dei tilsvarande utgiftene til verksemd tilknytt kompetansenettverket i samband med miljøretta bistand og bilateralt miljøsamarbeid. Dei tilsvarande utgiftene er budsjetterte på kap. 1427 post 21 Spesielle driftsutgifter. Løyvinga under kap. 1427 post 21 kan overskridast mot tilsvarande meirinntekter under denne posten, jf. Forslag til vedtak II nr. 1.
Post 54 Gebyr
Inntektene på denne posten skal dekkje utgiftene til den obligatoriske jegerprøven som vart sett i verk frå 1. april 1986, og til utgifter i samband med merkepliktig vilt. Posten er auka med 0,6 mill kroner til 2,9 mill. kroner i tråd med venta inntekter.
Kvar jeger som går opp til jegerprøven må betale eit eksamensgebyr på kr 250. Gebyrinntektene skal dekkje dei tilsvarande utgiftene under kap. 1427 post 21 Spesielle driftsutgifter til å drive eksamensordninga.
Frå 1. januar 2005 vart det etablert merkje- og registreringsplikt for dødt vilt som tilfell Viltfondet, sjå vedlegg (artsliste) til forskrift 18. juni 2004 nr. 913 om ivaretaking av dødt vilt. Dei som vil overta merkepliktig vilt frå Viltfondet skal betale eit gebyr. Gebyret er sett til kr 400 pr. individ. Innbetalte gebyr skal nyttast til etablering og drift av ein sentral database for å ivareta informasjon om individa, og til å gjennomføre kostnadsfri ettermerking for allereie preparerte individ. Desse utgiftene blir dekte over kap. 1427 post 21.
Løyvinga under kap. 1427 post 21 kan overskridast mot tilsvarande meirinntekter under denne posten, jf. Forslag til vedtak II nr. 1.
Programkategori 12.30 Kulturminne og kulturmiljø
Løyvingane under programkategori 12.30 høyrer i hovudsak inn under resultatområde 3 Kulturminne og kulturmiljø. Det blir vist til innleiinga i del II der det er gjort greie for budsjettvise endringar i 2006 innafor resultatområdet.
Foreslått løyving knytt til programkategorien er i 2006 på om lag 716 mill. kroner inkl. meirverdiavgift. Dette er ein auke på 450,7 mill. kroner, eller 170 pst. samanlikna med saldert budsjett for 2005. Regjeringa gjer framlegg om å auke kulturminnefondets grunnkapital med 400 mill. kroner, til i alt 800 mill. kroner. Vidare vil løyvinga til kulturminneforsking auke med 1,5 mill kroner.
Satsinga på kulturminneområdet er i samsvar med intensjonane i St.meld. nr. 16 (2004-2005) Leve med kulturminnerfor å hindre tap av kulturminne og ta vare på kulturminna som bruksressursar og som grunnlag for kunnskap og oppleving.
Frå 2006 er det innført ei ordning med nøytral meirverdiavgift for staten. Ordninga medfører at meirverdiavgifta blir budsjettert på eit eige felles utgiftskapittel til dekning av meirverdiavgift i statsforvaltninga. Ordninga er nærare omtalt under kapittel 5 i del I. 4,3 mill. kroner er ramme overført frå denne programkategorien til dette felleskapitlet.
Utgifter under programkategori 12.30 fordelte på kapittel
(i 1 000 kr) | |||||
---|---|---|---|---|---|
Kap. | Nemning | Rekneskap 2004 | Saldert budsjett 2005 | Forslag 2006 | Pst. endr. 05/06 |
1429 | Riksantikvaren (jf. kap. 4429) | 226 834 | 252 313 | 294 930 | 16,9 |
1432 | Norsk kulturminnefond (jf. kap. 4432) | 13 405 | 13 000 | 416 700 | 3 105,4 |
Sum kategori 12.30 | 240 239 | 265 313 | 711 630 | 168,2 |
Kap. 1429 Riksantikvaren (jf. kap. 4429)
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2004 | Saldert budsjett 2005 | Forslag 2006 |
01 | Driftsutgifter | 77 461 | 76 576 | 78 536 |
21 | Spesielle driftsutgifter , kan nyttast under postane 72 og 73 | 35 784 | 22 650 | 22 307 |
50 | Tilskot til Samisk kulturminnearbeid | 2 000 | 2 000 | 2 000 |
72 | Vern og sikring av freda og verneverdige kulturminne og kulturmiljø , kan overførast, kan nyttast under post 21 | 82 311 | 110 230 | 145 030 |
73 | Brannsikring og beredskapstiltak , kan overførast, kan nyttast under post 21 | 5 818 | 10 953 | 10 953 |
74 | Fartøyvern , kan overførast | 18 974 | 29 004 | 29 004 |
75 | Internasjonalt samarbeid , kan overførast | 987 | 900 | 1 100 |
76 | Den nordiske verdsarvstiftelsen | 3 500 | ||
77 | Verdiskapingsprogram på kulturminneområdet , kan overførast, kan nyttast under post 21 | 6 000 | ||
Sum kap. 1429 | 226 834 | 252 313 | 294 930 |
Rolle og oppgåver for Riksantikvaren
Riksantikvaren er direktorat for kulturminneforvaltning og Miljøverndepartementets rådgivande og utøvande faginstans for forvaltning av kulturminne og kulturmiljø. Riksantikvaren skal medverke fagleg til departementets arbeid med kulturminneforvaltning. Innsats og verkemiddel skal rettast mot nasjonalt viktige kulturminne. Verkemiddel skal vidare rettast mot eigarar av freda bygningar og anlegg og prioritere viktige satsingsområde som kystkultur og verdsarvområda. Riksantikvaren har ei viktig rolle i høve til å stimulere eigarar og næringsliv til auka verneinnsats og verdiskaping. Direktoratet har òg ein rådgivande funksjon overfor anna offentleg forvaltning, allmenta og næringslivet.
I saker der Riksantikvaren utøvar mynde etter særlov, skal både kulturminnefaglege og andre samfunnsomsyn leggjast til grunn for avgjerdene. Riksantikvaren har ansvaret for å gjennomføre den statlege kulturminnepolitikken, og har i den samanhengen eit overordna fagleg ansvar for arbeidet til fylkeskommunane, Sametinget, forvaltningsmusea og Sysselmannen på Svalbard som regionale styresmakter for kulturminne. Gjennom tilretteleggings- og stimuleringstiltak skal det medverkast til at kommunane tek omsyn til kulturminne og kulturmiljø som viktige element og ressursar i sine omgivnader. Riksantikvaren skal formidle kontakt mellom norske og internasjonale fagmiljø, representere norske styresmakter i relevante internasjonale organ og sjå til at folkerettsleg bindande avtaler om kulturminne og kulturmiljø blir etterlevde.
Riksantikvaren har utarbeidd serviceerklæringar overfor bl.a. eigarar av freda bygningar og anlegg.
Post 01 Driftsutgifter
Posten dekkjer lønn og godtgjersler til faste og mellombels tilsette, husleige, oppvarming, IT, reiseverksemd, informasjonstiltak og andre driftsutgifter for Riksantikvaren. Posten dekkjer òg kjøp av konsulenttenester til faglege prosjekt/utgreiingar i samband med oppfølging av St.meld. nr. 16 (2004-2005) Leve med kulturminner. Vidare dekkjer posten utgifter knytte til deltaking i kompetansenettverket for miljøretta bistand og anna oppdragsverksemd. Dei tilsvarande inntektene blir førte under kap. 4429 respektive post 02 og 09. Løyvinga på posten kan overskridast mot tilsvarande meirinntekter under dei to nemnde inntektspostane, jf. forslag til vedtak II nr. 1.
For å sikre ei effektiv oppfølging av kulturminnemeldinga er posten foreslått auka med 1 mill. kroner når ein ser bort frå kompensasjon for lønnsoppgjeret 2005. Dei auka midlane vil bl.a. gjere det moglege å sikre oppfølging av St.meld. nr 16 (2004-2005) Leve med kulturminner og gjennomføring av høgt prioriterte tiltak for å sikre eigarane av freda kulturminne betre rammevilkår.
Meirverdiavgifta knytt til denne posten er frå 2006 budsjettert på eit eige utgiftskapittel til dekning av meirverdiavgift i statsforvaltninga. Som følgje av dette er 1,8 mill. kroner rammeoverført til kap. 1633 Nettoordning statleg betalt meirverdiavgift, post 01 Driftsutgifter i 2006. Dette vil ikkje få innverknad i forhold til aktivitetsnivået på posten.
Post 21 Spesielle driftsutgifter, kan nyttast under postane 72 og 73
Posten dekkjer kostnader ved tiltak som gjeld høgt prioriterte freda og verneverdige kulturminne og kulturmiljø, bl.a. når Riksantikvaren står som tiltakshavar i spesielt prioriterte prosjekt. Midlane på post 21 må sjåast i samanheng med midlane som er budsjetterte under tilskotspostane 72 og 73.
Posten dekkjer òg utgifter til innhenting av kunnskap og utviklingsarbeid i samband med oppfølging av St.meld. nr. 16 (2004-2005) Leve med kulturminner, under dette til betre metodar for teknisk vedlikehald og skjøtsel av ulike typar kulturminne. Midlane blir nytta til kjøp av tenester frå bl.a. forvaltningsmusea og NIKU. Vidare blir det nytta midlar til kjøp av vedlikehald- og istandsetjingstenester for bygningar som Riksantikvaren sjølv har eit eigaransvar for. I tillegg dekkjer posten utvikling og drift av kulturminnedatabasen. Kulturminnedatabasen er avgjerande for å sikre god informasjon om kulturminneverdiar til bl.a. forvaltning, lokalsamfunn, eigarar og andre interesserte.
Meirverdiavgifta knytt til denne posten er frå 2006 budsjettert på eit eige utgiftskapittel til dekning av meirverdiavgift i statsforvaltninga. Som følgje av dette er 2,5 mill. kroner rammeoverført til kap. 1633 Nettoordning statleg betalt meirverdiavgift, post 01 Driftsutgifter i 2006. Dette vil ikkje få innverknad i forhold til aktivitetsnivået på posten.
Post 50 Tilskot til samisk kulturminnearbeid
Tilskotsordninga skal ivareta dei overordna kulturminnefaglege omsyna i arbeidet med samiske kulturminne og kulturmiljø. Midlane skal i hovudsak nyttast til større vedlikehalds- og restaureringsarbeid, og blir stilte til disposisjon for Sametinget.
Post 72 Vern og sikring av freda og verneverdige kulturminne og kulturmiljø, kan overførast, kan nyttast under post 21
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Underpost | Nemning | Rekneskap 2004 | Saldert budsjett 2005 | Forslag 2006 |
72.1 | Tilskot til arkeologiske undersøkingar ved mindre private tiltak | 4 000 | ||
72.2 | Vern og sikring av freda bygningar og anlegg | 21 594 | 24 867 | 37 867 |
72.3 | Vern og sikring av bygningar og anlegg frå mellomalderen | 12 548 | 20 957 | 25 757 |
72.4 | Kystkultur | 10 453 | 18 100 | 18 100 |
72.5 | Vern og sikring av freda og andre særleg verdifulle kulturmiljø og landskap | 1 262 | 1 280 | 3 280 |
72.6 | Skjøtsel av automatisk freda kulturminne | 1 468 | 8 808 | 10 308 |
72.7 | Fartøyvernsentra | 3 084 | 3 550 | 3 550 |
72.8 | Tekniske og industrielle kulturminne | 14 702 | 14 702 | 17 202 |
72.9 | World Heritage List, nasjonale oppgåver | 17 200 | 17 966 | 24 966 |
Sum post 72 | 82 311 | 110 230 | 145 030 |
I medhald av St.meld. nr. 16 (2004-2005) Leve med kulturminner skal rammevilkåra for dei private eigarane av freda kulturminne bli betre. For 2006 er posten foreslått auka med 34,8 mill. kroner for å stanse forfallet på freda og verneverdige kulturminne og kulturmiljø. Det er foreslått ei tilsegnsfullmakt under posten på 8,5 mill. kroner, jf. forslag til vedtak VI.
Alle tilskotsordningane under denne posten rettar seg mot resultatområde 3 Kulturminne og kulturmiljø. Posten blir nytta til tiltak som fører til forvaltning og sikring av freda og verneverdige kulturminne, kulturmiljø, og verdifulle landskap. Dette skjer gjennom direkte tilskot til kulturminne som i hovudsak er eigde eller forvalta av private.
Ved større tiltak er det ofte føremålstenleg at Riksantikvaren eller fylkeskommunane står for iverksetjing og gjennomføring av tiltaka. Tiltaket kjem i desse tilfella eigarane/forvaltarane til gode, men kostnadene blir rekneskapsførte som driftsutgifter over post 21, jf. omtale under post 21.
Tiltaka skal gjennomførast etter antikvariske retningslinjer og i samsvar med eventuelle andre retningslinjer frå Riksantikvaren eller fylkeskommunane.
Tilskotsmidlane blir fordelte etter søknad eller i høve til prioriterte program.
Ein stor del av løyvinga blir fordelt via fylkeskommunane. Ved fordeling av tilskot skal Riksantikvaren og fylkeskommunane, innafor dei disponible budsjettmidla på underposten, utføre ei samla fagleg vurdering av den kulturhistoriske verdien og betydinga som tiltaka har i forhold til målet for tilskotsordninga.
Riksantikvaren kan også sjølv prioritere og initiere oppgåver og tiltak innafor særlege satsingsfelt fastsette av Regjeringa.
Underpost 72.1 Tilskot til arkeologiske undersøkingar ved mindre private tiltak (ny post)
I St.meld. nr. 16 (2004-2005) Leve med kulturminner fastslår Regjeringa at staten skal ta ein større del av utgifter til arkeologiske registreringar og utgravingar i samband med mindre, private tiltak. Det er satt av 4 mill. kroner til dette formålet i 2006. I 2005 vart det satt av 1,5 mill. kroner til arkeologiske registreringar og utgravingar under underpost 72.6 Skjøtsel av automatisk freda kulturminne. Disse er flytta opp til underpost 72.1. I tillegg aukar midlane til tiltaket med 2,5 mill. kroner i 2006.
Mål
Målet med tilskotsordninga er å følgje opp dei statlege forpliktingane i § 10 i kulturminnelova og gi heil eller delvis dekning av utgifter som følgjer av pålegg om særskilt gransking av automatisk freda kulturminne eller til særskilte tiltak for å verne dei.
Tildelingskriterium
Tilskot skal givast til heil eller delvis dekning av utgifter i samsvar med kulturminnelovas føresegn §10 og utfyllande retningslinjer.
Oppfølging og kontroll
Oppfølging av tiltaket skjer ved ein generell formalia- og sannsynskontroll av rapportar og rekneskap.
Underpost 72.2 Vern og sikring av freda bygningar og anlegg
I St.meld. nr. 16 (2004-2005) Leve med kulturminner fastslår Regjeringa at staten skal dekkje ein større del av meirutgiftene i samband med antikvarisk sikring og istandsetjing av freda kulturminne og kulturmiljø. Tilskotsmidlar til vern og sikring av freda bygningar og anlegg blir auka med 13 mill. kroner i 2006.
For å sikre kostnadseffektiv gjennomføring er det nødvendig å prioritere tiltaka.
Målgruppa er private eigarar og forvaltarar av freda bygningar og anlegg.
Mål
Målet med tilskotsordninga er å følgje opp dei statlege forpliktingane i § 15a i kulturminnelova ved å gi heilt eller delvis vederlag til eigarar for fordyrande arbeid som følgjer av vilkår for dispensasjon, og å dekkje utgifter til andre sikrings- og restaureringstiltak på freda bygningar og anlegg.
Tildelingskriterium
Midlane skal gå til å dekkje fordyrande vilkår sett ut frå antikvariske omsyn, jf. § 15 i kulturminnelova.
Tilskot til viktige sikrings- og restaureringstiltak vil bli tildelt etter følgjande prioriteringar: tiltak som stansar og hindrar ytterlegare forfall, mellombels sikring av freda bygningar og anlegg som forfell, og tiltak som sikrar bygningar og anlegg det finst få av.
Oppfølging og kontroll
Kontrollen skjer ved ein generell formalia- og sannsynskontroll av rekneskap og sluttrapport frå tilskotsmottakaren. I spesielle tilfelle er det òg aktuelt med kontroll på staden av Riksantikvaren eller fylkeskommunen for å sjå til at tiltak er gjennomførte etter antikvariske retningslinjer og andre føresetnader for tilskotet.
Underpost 72.3 Vern og sikring av bygningar og anlegg frå mellomalderen.
Regjeringa vil trappe opp den særlege satsinga på nasjonalt viktige og prioriterte kulturminne, som istandsetjing av stavkyrkjene og verdifull kyrkjekunst i desse. Det er sett av 4,8 mill. kroner meir til dette formålet samanlikna med 2005.
Av dette er det avsett midlar til arbeidet med borgruinen Steinvikholm. Prosjektet blir avslutta i 2006.
Målgruppa er eigarar og forvaltarar av automatisk freda kulturminne frå middelalderen og nasjonalt viktige ruinar.
Mål
Målet for tilskotsordninga er å sikre automatisk freda bygningar og ruinar frå middelalderen, under dette stavkyrkjene.
Tildelingskriterium
Midlane skal gå til tiltak på middelalderbygningar og anlegg som er automatisk freda etter kulturminnelova, under dette: tilskot til tiltak innafor eit fleirårig stavkyrkjeprogram for å setje stavkyrkjene i bygningsmessig god stand og til sikring og konservering av den verdifulle kyrkjekunsten i desse kyrkjene, tilskot til tiltak innafor eit fleirårig ruinprogram for å sikre nasjonalt viktige ruinar, og tilskot til andre viktige sikrings- og restaureringstiltak.
Tilskota skal fordelast på grunnlag av same overordna strategi som omtalt under underpost 72.2.
Oppfølging og kontroll
Oppfølging og kontroll skjer ved ein generell formalia- og sannsynskontroll av rekneskap og sluttrapport frå tilskotsmottakaren. I enkelte tilfelle skjer det òg ved kontroll av om kulturminnet er sikra og sett i stand etter antikvariske retningslinjer.
Underpost 72.4 Kystkultur
I medhald av St.meld. nr. 16 (2004-2005) Leve med kulturminner vil Regjeringa styrkje arbeidet med kystkulturen og leggje til rette for at kulturminne og kulturmiljø kan medverke til å skape attraktive bustader og gode lokalsamfunn.
Målgruppa er i hovudsak private eigarar og forvaltarar av freda og spesielt bevaringsverdige kulturminne langs kysten.
Det er nødvendig å gjere ei prioritering i startfasen av omfattande og samansette istandsetjingstiltak.
Mål
Tilskotsordninga skal medverke til å sikre og setje i stand freda og spesielt bevaringsverdige kulturminne og kulturmiljø langs kysten. Det blir elles vist til omtale under kap. 1429 post 77 Verdiskapingsprogrammet.
Tildelingskriterium
Midlane skal gå til sikring og istandsetjing av freda og spesielt bevaringsverdige kulturminne som er typiske for liv og verksemd langs kysten. Tilskota blir fordelte på grunnlag av følgjande prioriteringar: tiltak som stansar og hindrar ytterlegare forfall, og tiltak som sikrar kulturminne og kulturmiljø som det finst få av. Bygningar og anlegg som forfell skal sikrast mellombels.
Oppfølging og kontroll
Kontrollen skjer ved generell formalia- og sannsynskontroll av rekneskap og sluttrapport med fotografisk dokumentasjon frå tilskotsmottakaren. I spesielle tilfelle er det òg aktuelt med kontroll på staden av Riksantikvaren eller fylkeskommunen, for å sjå til at kulturminnet er sikra og sett i stand etter antikvariske retningslinjer.
Underpost 72.5 Vern og sikring av freda og andre særleg verdifulle kulturmiljø og landskap (ny nemning)
Underposten er auka med 2 mill. kroner i 2006, av dette er det sett av 1 mill. kroner meir til å setje i stand og vedlikehalde Lyngheisenteret.
Mål
Tilskotsordninga skal medverke til å ta vare på dei freda kulturmiljøa: Garden Havrå i Hordaland, områda omkring Utstein kloster i Rogaland, Skoltebyen Neiden i Finnmark, Kongsberg Sølvverk i Buskerud, Sogndalstrand i Rogaland, og andre særleg verdifulle kulturmiljø og landskap.
Tildelingskriterium
Dei freda kulturmiljøa skal prioriterast ved tildeling av tilskot.
Oppfølging og kontroll
Oppfølging og kontroll skjer ved ein generell formalia- og sannsynskontroll av rapportar og rekneskap. Fagleg oppfølgingsansvar kan leggjast til fylkeskommunen og Sametinget.
Underpost 72.6 Skjøtsel av automatisk freda kulturminne
Underposten er auka med 1,5 mill. kroner i 2006. 1,5 mill. kroner avsett til arkeologiske registreringar og utgravingar i samband med mindre private tiltak er samstundes flytta til underpost 72.1 Tilskot til arkeologiske undersøkingar ved mindre private tiltak.
Mål
Tilskotsordninga skal sikre at arkeologiske kulturminne blir haldne i hevd gjennom ei tiårig satsing på skjøtsel og restaurering av eit utval arkeologiske kulturminne av nasjonal verdi. Bergkunstprosjekt skal følgjast opp og dei arkeologiske kulturminna skal haldast i hevd.
Tildelingskriterium
Midlane skal gå til tilskot til prosjekt der det er stort lokalt engasjement og der det knyter seg særlege opplevings- og formidlingsverdiar til kulturminna.
Tilskot kan bl.a. givast til skjøtsel, restaurering og formidling, under dette tiltak som gir auka tilgjenge og som bidrar til å avgrense slitasje.
Tilskot kan givast til tiltak som sikrar at resultata frå Bergkunstprosjektet blir nytta i skjøtsel, konservering og formidling. Tilskot kan også givast til vidare metodeutvikling. Målgruppa er eigarar og forvaltarar av arkeologiske kulturminne.
Tilskot til Kaupangprosjektet skal gå til tiltak for å gjere resultata av undersøkingane kjende i Noreg og utlandet. Prosjektet blir avslutta i 2006.
Oppfølging og kontroll
Oppfølging av tiltaket skjer ved kontroll av om tiltak blir gjennomførte i samsvar med faglege kriterium for tilskotet. Vidare ved generell formalia- og sannsynskontroll av rekneskap og sluttrapport frå tilskotsmottakaren.
Underpost 72.7 Fartøyvernsentra
Mål
Tilskotsordninga skal medverke til at dei tre utvalde fartøyvernsentra: Nordnorsk fartøyvernsenter og båtmuseum, Hardanger fartøyvernsenter og Bredalsholmen dokk og fartøyvernsenter kan fungere som kompetansesenter for restaurering og vedlikehald av fartøy. Tilskot skal bidra til at fartøyvernsentra også kan ivareta fellestenester knytte til dokumentasjon og forsking, fagleg rådgiving og liknande drift og oppgradering.
Tildelingskriterium
Tilskot kan givast som driftstilskot for å dekkje sentras utgifter til forsking og dokumentasjon. Noko av tilskotsmidlane kan nyttast til investeringar i anlegga.
Oppfølging og kontroll
Generell formalia- og sannsynskontroll av revidert årsrekneskap og årsmelding frå fartøyvernsentra.
Underpost 72.8 Tekniske og industrielle kulturminne
I samarbeid med eigarane skal det utarbeidast strategiar for å fullføre arbeida med å setje i stand dei ti prioriterte tekniske og industrielle kulturminna.
Målgruppa er i hovudsak private eigarar og forvaltarar av dei ti utvalte anlegga.
Tilskotsmidlane til dette formålet er foreslått auka med 2,5 mill. kroner.
Mål
Tilskotsordninga skal i første rekkje medverke til å setje i stand og sikre forvaltning, drift og vedlikehald av følgjande ti tekniske og industrielle anlegg som er valt ut for spesiell oppfølging:
Fetsund lenser/Fetsund lensemuseum
Sjølingstad Uldvarefabrikk
Klevfoss Cellulose- & Papirfabrikk
Nes Jernverksmuseum
Norsk Vassdrags- og Industristadmuseum (Tyssedal kraftanlegg)
Norsk Fiskeriindustrimuseum/Neptun sildoljefabrikk
Spillum Dampsag & Høvleri
Norsk Trikotasjemuseum og Tekstilsenter
Folldal gruver
Kistefos Museet
Tildelingskriterium
Tiltak som stansar og hindrar ytterlegare forfall og tiltak for å fullføre pågåande arbeid med å setje i stand dei respektive anlegga skal prioriterast ved tildeling av tilskot. Det vil bli lagt vekt på at denne typen kulturminne skal kunne gi grunnlag for verdiskaping gjennom ny bruk.
Oppfølging og kontroll
Oppfølging og kontroll skjer gjennom kontroll av om kulturminnet er sikra og sett i stand etter antikvariske retningslinjer. Vidare gjennom generell formalia- og sannsynskontroll av rekneskap og sluttrapport med fotografi frå tilskotsmottakaren. I spesielle tilfelle er det òg aktuelt med kontroll på staden av Riksantikvaren eller fylkeskommunen. Vidare gjennom kontroll av om drifta ved anlegget skjer etter formålet, bl.a. gjennom at Riksantikvaren kontrollerer revidert årsrekneskap og årsmelding og rapportar/uttaler frå fylkeskommunane.
Underpost 72.9 World Heritage List, nasjonale oppgåver
Regjeringa slår fast i St.meld. nr. 16 (2004-2005) Leve med kulturminner at dei norske verdsarvområda skal forvaltast på ein god måte og at kulturminna skal vere formelt verna gjennom lovverket.
Målgruppa for ordninga er eigarar og forvaltarar av verdsarvområda.
Arbeidet med å følgje opp Unescos retningslinjer om å ta vare på kultur- og naturarv i verda er eit høgt prioritert område.
Satsinga på verdsarvområda aukar med 7 mill. kroner i 2006. Blant anna er det foreslått ein auke på 2 mill. kroner til arbeidet med å sikre Bryggen i Bergen. Der er òg avsett 2,1 mill. kroner til arbeidet med verdsarvområda på kap. 1427 Direktoratet for Naturforvaltning post 77 Tilskot til nasjonalparksenter.
Mål
Tilskotsordninga skal medverke til å sikre og setje i stand dei norske områda på Unescos liste over verdas kultur- og naturarv. Desse områda er: Bergstaden Røros, Bryggen i Bergen, Urnes stavkyrkje, Hjemmeluft i Alta, Vegaøyane og Vestnorsk fjordlandskap. I tillegg inngår meridianstøtta i Hammerfest og tre andre punkt i Struves triangelkjede, som er det første teknisk-vitskapelege kulturminnet på verdsarvlista.
Tildelingskriterium
Tilskot skal givast til tiltak for å sikre og setje dei norske områda i stand i tråd med forpliktingane som følgjer av Unescos verdsarvkonvensjon og i tråd med dei internasjonale retningslinjene frå Unesco. Tilskot kan også givast til tiltak som gir betre tilgjenge og som bidrar til å avgrense slitasje.
Oppfølging og kontroll
Oppfølging skjer gjennom møte og fagsamlingar som blir gjennomførte i samsvar med avtalt arbeidsprogram. Kontrollen skjer ved generell formalia- og sannsynskontroll av rekneskap og sluttrapport frå tilskotsmottakaren. I spesielle tilfelle er det òg aktuelt at Riksantikvaren eller fylkeskommunen utfører kontroll på staden for å sjå til at tiltak er gjennomførte etter antikvariske retningslinjer og andre føresetnader for tilskotet.
Post 73 Brannsikring og beredskapstiltak, kan overførast, kan nyttast under post 21
Tilskotsordninga under posten rettar seg mot resultatområde 3 Kulturminne og kulturmiljø.
Målgruppa er eigarar og forvaltarar av utvalte kulturminne og kulturmiljø.
Det er foreslått ei tilsegnsfullmakt under posten på 2 mill. kroner, jf. forslag til vedtak VI.
Mål
Tilskotsordninga skal sikre utvalde kulturminne og kulturmiljø mot brann og andre ulykker.
Tildelingskriterium
Midlane under posten blir nytta til tilskot til drift, vedlikehald og oppgradering av sikringsanlegg ved dei 28 stavkyrkjene, til å etablere sikring eller drift av sikringsanlegg i utvalde kulturminne og kulturmiljø, under dette Bergstaden Røros, og til førebyggjande brannsikring av utvalte tette trehusmiljø.
Det blir lagt vekt på prosjekt som har overføringsverdi for brannsikring av andre verdifulle kulturminne og kulturmiljø.
Tiltaka skal gjennomførast etter antikvariske retningslinjer og i samsvar med eventuelle andre retningslinjer frå Riksantikvaren.
Riksantikvaren kan også sjølv prioritere og initiere oppgåver og tiltak innafor særlege satsingsfelt.
Oppfølging og kontroll
Oppfølging og kontroll skjer gjennom generell formalia- og sannsynskontroll av rekneskap og sluttrapport frå tilskotsmottakar. Fysisk kontroll frå Riksantikvaren kan òg vere aktuelt, under dette kontroll av om sikringstiltak, sikringsarbeid eller drift av sikringstiltak er gjennomførte på eit fagleg akseptabelt nivå.
Post 74 Fartøyvern, kan overførast
I St.meld. nr. 16 (2004-2005) Leve med kulturminner fastslår Regjeringa at fartøyvernets rolle som pådrivar for lokal verdiskaping langs kysten skal styrkjast og utviklast.
I startfasen av omfattande og samansette istandsetjingstiltak skal det skje ei streng prioritering av tiltaka, for å sikre ei kostnadseffektiv gjennomføring.
Tilskotsordninga under posten rettar seg mot resultatområde 3 Kulturminne og kulturmiljø.
Det er foreslått ei tilsegnsfullmakt under posten på 8 mill. kroner, jf. forslag til vedtak VI.
Mål
Målet med tilskotsordninga er å sikre og setje i stand fartøy der det er inngått avtale med eigarar om vern.
Tildelingskriterium
Midlane på posten blir nytta til tilskot til konkrete restaurerings- og istandsetjingsarbeid på freda fartøy og fartøy der det er inngått avtaler med eigarar om vern.
Tilskot til viktige sikrings- og restaureringstiltak vil bli tildelte etter følgjande prioriteringar: prosjekt der det er stort lokalt engasjement, og der det knyter seg særlege opplevings- og formidlingsverdiar til fartøyet, tiltak som stansar og hindrar ytterlegare forfall, og fartøy som det finst få av.
Tiltaka skal gjennomførast etter antikvariske retningslinjer og i samsvar med eventuelle andre retningslinjer frå Riksantikvaren.
Tilskotsmidlane blir i hovudsak fordelte etter søknad. Målgruppa er eigarar eller forvaltarar av slike fartøy.
Riksantikvaren kan også sjølv prioritere og initiere oppgåver og tiltak innafor særlege satsingsfelt.
Oppfølging og kontroll
Kontrollen skjer ved generell formalia- og sannsynskontroll av rekneskap og sluttrapport med fotografi frå tilskotsmottakaren. I spesielle tilfelle er det òg aktuelt med kontroll på staden av Riksantikvaren eller fylkeskommunen for å sjå til at kulturminnet er sikra og sett i stand etter antikvariske retningslinjer.
Post 75 Internasjonalt samarbeid, kan overførast
Tilskotsordninga rettar seg mot resultatområde 8 Internasjonalt miljøvernsamarbeid og miljøvern i polarområda.
Mål
Målet med tilskotsordninga er å bidra til internasjonalt samarbeid om kulturminneforvaltning, å markere Noreg som viktig medspelar til nøkkelorganisasjonar innan fagfeltet, og å markere Noreg som eit land med særleg kompetanse på forvaltning av kulturminne i tre.
Tildelingskriterium
Midlane på posten blir nytta til: Tilskot til faglege samarbeidsprosjekt med andre land i samsvar med norske politiske og fagpolitiske prioriteringar. Tilskot til medlemsavgifter og utgifter knytte til samarbeidsavtaler og utgreiingsarbeid, under dette det norskrussiske miljøvernsamarbeid under den bilaterale miljøvernavtala.
Oppfølging og kontroll
Oppfølging skjer hovudsakleg i form av deltaking i møte i organisasjonanes styrande organ, der det blir fatta avgjersler bl.a. om budsjett, kontingentar og økonomisk styring. Oppfølginga av spesielle prosjekt skjer gjennom referansearbeids- eller styringsgrupper, ved kontakt med slike grupper, eller ved direkte kontakt med prosjektet. Kontrollen skjer gjennom generell formalia- og sannsynskontroll av innsende prosjektrapportar og årsmeldingar, og av revisorstadfesta årsrekneskapar frå organisasjonane.
Post 77 Verdiskapingsprogram på kulturminneområdet, kan overførast, kan nyttast under post 21 (ny post)
I St.meld. nr. 16 (2004-2005) Leve med kulturminner fastslår Regjeringa at det skal etablerast eit verdiskapingsprogram som skal stimulere til at ressursane som ligg i kulturminne og kulturmiljø blir tekne i bruk i utvikling av lokalsamfunn og som grunnlag for næringsutvikling.
Under denne posten er det foreslått 6 mill. kroner. I tillegg vil auka avkastning på kap. 1432 Norsk kulturminnefond post 50 på 3,7 mill. kroner i 2006 bli brukt til verdiskapingsprogrammet. Programmet vil slik ha ei totalramme på 9,7 mill. kroner i 2006.
Tilskotsordninga rettar seg mot resultatområde 3 kulturminne og kulturmiljø.
Mål
Verdiskapingsprogrammet på kulturminneområdet skal: stimulere til at kulturminne og kulturmiljø blir tekne i bruk i utvikling av lokalsamfunn og næringsliv. Det skal utviklast modellar for samarbeid mellom eigarar, rettshavarar, næringslivet, offentlege aktørar, museum og frivillige organisasjonar, og spreie kunnskap om korleis berekraftig bruk av kulturminne og kulturmiljø fremjar næringsutvikling og styrkjer lokalsamfunn og regionar.
Tildelingskriterium
Midlane på posten blir nytta til tilskot til konkrete tiltak knytte til verdiskaping med utgangspunkt i kulturminne og kulturmiljø og til kunnskapsoppbygging og formidling.
I den første fasen, som vil vare i fire år, kan det givast tilskot til i alt ti prosjekt frå ti geografiske område, hovuddelen skal leggast til kystsona. Prosjekta kan vare i fire år. Ved tildeling av midlar skal det leggjast vekt på at prosjekta samla sett representerer kulturelt mangfald og geografisk spreiing. Prosjekta skal ha eit vesentleg potensial for verdiskaping – økonomisk, sosialt, kulturelt og miljømessig.
Det blir prioritert prosjekt som inngår i ein lokal eller regional strategi for verdiskaping og innovasjon, der ulike offentlege og private verkemiddel blir sett i samanheng. Prosjekta skal ha ein overføringsverdi, slik at kunnskap om korleis kulturarven kan bidra til verdiskaping blir bygd opp og spreidd.
Oppfølging og kontroll
Oppfølging skjer hovudsakleg i form av deltaking i møte med prosjektas styrande organ, der det blir fatta avgjersler bl.a. om budsjett, framdrift og økonomisk styring. Oppfølginga av spesielle prosjekt skjer gjennom referansearbeids- og styringsgrupper, ved kontakt med slike grupper, eller ved direkte kontakt med prosjektet. Kontrollen skjer i hovudsak gjennom generell formalia- og sannsynskontroll av innsende prosjektrapportar og årsmeldingar, og av revisorfesta årsrekneskapar frå organisasjonane.
Kap. 4429 Riksantikvaren (jf. kap. 1429)
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2004 | Saldert budsjett 2005 | Forslag 2006 |
02 | Refusjonar og diverse inntekter | 3 780 | 3 167 | 3 268 |
09 | Internasjonale oppdrag | 3 812 | 1 170 | 1 207 |
16 | Refusjon av fødsel- og adopsjonspengar | 1 058 | ||
17 | Refusjon av lærlingar | 41 | ||
Sum kap. 4429 | 8 691 | 4 337 | 4 475 |
Post 02 Refusjonar og diverse inntekter
Posten gjeld refusjonar og innbetalte midlar frå oppdragsverksemd for andre institusjonar mv., jf. omtale under kap. 1429 post 01. Under posten er det òg budsjettert inntekter ved sal av Riksantikvarens rapportar og andre produkt. Meirinntekter under posten gir grunnlag for meirutgifter under kap. 1429 post 01, jf. forslag til vedtak II nr. 1.
Post 09 Internasjonale oppdrag
Midlane på posten skal finansiere dei tilsvarande utgiftene til verksemd tilknytt kompetansenettverket i samband med miljøretta arbeid, jf. omtale under kap. 1429 post 01. Meirinntekter under posten gir grunnlag for meirutgifter under kap. 1429 post 01, jf. forslag til vedtak II nr. 1.
Kap. 1432 Norsk kulturminnefond (jf. kap. 4432)
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2004 | Saldert budsjett 2005 | Forslag 2006 |
50 | Til disposisjon for kulturminnetiltak | 13 405 | 13 000 | 16 700 |
90 | Fondskapital | 400 000 | ||
Sum kap. 1432 | 13 405 | 13 000 | 416 700 |
Løyving under dette kapitlet rettar seg mot resultatområde 3 Kulturminne og kulturmiljø. Norsk kulturminnefond vart oppretta då Stortinget under behandling av St.prp. nr. 63 (2001-2002) Tilleggsbevilgninger og omprioriteringer i statsbudsjettet medregnet folketrygden 2002, jf. Innst. S. nr. 255 (2001-2002), løyvde 200 mill. kroner som fondskapital. Fondskapitalen vart auka med 200 mill. kroner i samband med Stortingets behandling av St.prp. nr. 65 (2004-2005) Tilleggsbevilgninger og omprioriteringer i statsbudsjettet medregnet folketrygden 2005. Dette vil gi ei auka avkastning på 3,7 mill. kroner i 2006 (halvårsverknad). Den auka avkastninga vil bli brukt til verdiskapingsprogrammet, jf. kap 1429 post 77.
Fondskapitalen er foreslått auka med ytterlegare 400 mill. kroner i budsjettet for 2006. Midlane blir avsette på kap. 1432 Norsk kulturminnefond post 90 Fondskapital.
Post 50 Til disposisjon for kulturminnetiltak
Beløpet på posten svarer til den samla avkastninga av kapitalen i Norsk kulturminnefond som er budsjettert under kap. 4432 post 80 Avkastning. Midlane under post 50 blir førte tilbake til kapitalen i fondet og gjennom dette stilt til disposisjon for dei formåla og prosjekta Norsk kulturminnefond støttar opp under. Ein mindre del av midlane vil gå til forvaltning av fondet, bl.a. lønn til sekretariatsleiar og administrative funksjonar, styrehonorar og reiser.
For 2006 vil avkastninga utgjere om lag 16,7 mill. kroner.
Mål
Målet med fondet er å leggje til rette for auka samspel mellom offentlege og private midlar til vern og utvikling av freda og bevaringsverdige kulturminne og kulturmiljø. Ordninga skal stimulere til auka verneinnsats frå eigarar og næringsliv si side, og til meir effektive samarbeidsformer mellom offentlege og private aktørar. Midlane frå fondet skal komme i tillegg til dei ordinære løyvingane til kulturminneformål.
Tildelingskriterium
Tilskotsmidlane blir fordelte av kulturminnefondets styre etter søknad. Tilskot blir nytta til tiltak som fører til vern og sikring av kulturminne og kulturmiljø og til prosjekt som fremjar verdiskaping, næringsverksemd og aktivitet i lokalsamfunnet. Prosjekt som gir synergieffektar, som løyser ut private midlar eller betydeleg eigeninnsats skal prioriterast. Det skal i gjennomsnitt vere ei privat medfinansiering på 50 pst. i dei prosjekta som fondet engasjerer seg i. Den private medfinansieringa skal vere minst 30 pst. i kvart prosjekt.
Oppfølging og kontroll
Oppfølging skjer ved generell formalia- og sannsynskontroll av rekneskap og sluttrapport frå tilskotsmottakaren. I spesielle tilfelle er det òg aktuelt med kontroll på staden for å sjå til at tiltak er gjennomførte etter antikvariske retningslinjer og andre føresetnader for tilskotet.
Post 90 Fondskapital
Det er foreslått å auke løyvinga til kulturminnefondet med 400 mill. kroner i 2006. Fondskapitalen blir på i alt 800 mill. kroner. Fondskapitalen er plassert som kontolån i Statskassa med rente tilsvarande renta på 10 års statsobligasjonslån. Avkastninga av kapitalen skal nyttast til tilskot til kulturminneformål og til forvalting av tilskotsmidlane, jf. post 50.
Kap. 4432 Norsk kulturminnefond (jf. kap. 1432)
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2004 | Saldert budsjett 2005 | Forslag 2006 |
80 | Avkastning frå Norsk kulturminnefond | 13 405 | 13 000 | 16 700 |
Sum kap. 4432 | 13 405 | 13 000 | 16 700 |
Post 80 Avkastning frå Norsk kulturminnefond
Posten gjeld avkastninga av Norsk kulturminnefond. Avkastninga skal nyttast til tilskot til kulturminnetiltak og til forvalting av tilskotsmidlane, jf. kap. 1432 post 50. Fondsmidlane er plasserte som kontolån i statskassa med rente tilsvarande renta på 10-års statsobligasjonslån.
Meirinntekter under posten gir grunnlag for meirutgifter under kap. 1432 post 50, jf. forslag til vedtak II nr. 1.
Programkategori 12.40 Forureining
Programkategorien omfattar i hovudsak følgjande resultatområde: Resultatområde 4 Overgjødsling og oljeforureining, Resultatområde 5 Helse- og miljøfarlege kjemikaliar, Resultatområde 6 Avfall og gjenvinning, Resultatområde 7 Klimaendringar, luftforureining og støy, og Resultatområde 11 Områdeovergripande verkemiddel og fellesoppgåver. Ein viser til innleiinga i del II der det blir gjordt greie for budsjettvise endringer i 2006 innafor dei ulike resultatområda.
Foreslått løyving knytt til programkategorien er på 663,7 mill. kroner inkl. meirverdiavgift i 2006. Dette er ein auke på 41,8 mill. kroner, eller 6,7 pst. samanlikna med saldert budsjett for 2005. Auken skal bl.a. nyttast til kartlegging av miljøgifter og til opprydding i forureina grunn og sediment. Posten er i tillegg auka som følgje av endringar i den regelstyrte bilvraksordninga grunna auke i talet på innsamla vrak, og høge skrapjernprisar.
Frå 2006 er det innført ei ordning med nøytral meirverdiavgift for staten. Ordninga er innretta slik at meirverdiavgifta blir budsjettert på eit eige felles utgiftskapittel til dekning av meirverdiavgift i statsforvaltninga. Ordninga er nærare omtalt under kapittel 5 i del I. 14,7 mill. kroner er rammeoverført frå denne programkategorien til felleskapitlet.
Regjeringa vil styrkje kjemikaliepolitikken, med særleg fokus på å redusera utsleppa av dei farlegaste miljøgiftene. Dette inneber ei auka kartlegging av miljøgifter og auka framdrift i arbeidet med opprydding i forureina sediment. Vidare vil Regjeringa styrkje kontroll og tilsyn og stimulere til ein aktiv innsats for internasjonale reguleringar på kjemikalieområdet. Det blir òg satsa på viktige forskings- og overvakingsaktivitetar. Regjeringa vil også greie ut eit generelt forbod mot miljøgifter i produkt retta mot private forbrukarar.
Det er framleis nødvendig med fokus på avfallsfeltet for å nå dei nasjonale måla, og Regjeringa vil føre vidare arbeidet med avfall og gjenvinning utan særlege budsjettendringar. Ei rekkje sentrale verkemiddel er etablerte, fornya og justerte dei siste åra. Særlege utfordringar i tida framover er knytte til ytterlegare innsats overfor farleg avfall på avvegar, og å vurdere ytterlegare tilpassing av avfallspolitikken til klimapolitikken. Det skal vidare arbeidast for at produsentar og importørar får gode nok incentiv til å ta omsyn til produkta sine miljøeigenskapar i heile levetida, under dette i avhendingsfasen. Eksisterande verkemiddel i avfallspolitikken blir fortløpande evaluerte og eventuelt justerte slik at dei fungerer mest mogleg etter føremålet.
Regjeringa vil styrkje arbeidet med den heilskaplege forvaltningsplanen for Barentshavet og gjennomføringa av rammedirektivet for vatn. Rammedirektivet for vatn vil effektivisere vassforvaltninga og bidra til å sikre miljøet i vassdraga og dei kystnære områda. Dette arbeidet vil gi ein meir heilskapleg og økosystembasert forvaltning av hav-, kyst- og vassdragsområda. Utvikling av ein heilskapleg forvaltningsplan for Barentshavet er høgt prioritert av Regjeringa. Dei marine økosystema i Barentshavet er påverka av ei rekkje menneskelege aktivitetar som går føre seg i havområdet, og av forureining som blir transportert med luft og vatn frå andre område. Formålet med forvaltningsplanen er å etablere rammevilkår som gjer det mogleg å balansere næringsinteressene knytte til fiskeri, sjøtransport og petroleumsverksemd innafor ramma av ei berekraftig utvikling. Forvaltningsplanen skal leggje til rette for verdiskaping basert på ressursane i havområdet, og samtidig stille krav slik at miljøet i Lofoten og Barentshavet blir sikra for kommande generasjonar.
Regjeringa vil vidareutvikle og gjennomføre ein heilskapleg nasjonal klimapolitikk. Regjeringa vil i 2006 særleg leggje til rette for ein meir offensiv lokal klimapolitikk som ledd i arbeidet med å utvikle miljøvernpolitikken på lokalt nivå.
I 2006 vil Regjeringa starte eit arbeid med å vurdere om relevant lovverk og administrative ordningar i tilstrekkjeleg grad tek høgde for klimautfordringa. Det vil bli arbeidd vidare med ein strategi for tilpassingstiltak til klimaendringar. Regjeringa prioriterer òg arbeidet med å finne tilnærmingar til langsikta klimagassreduksjonar. Lågutslepputvalet som starta sitt arbeid i 2005 vil halde fram i 2006 og legg fram utgreiinga si mot slutten av året.
Utgifter under programkategori 12.40 fordelte på kapittel
(i 1 000 kr) | |||||
---|---|---|---|---|---|
Kap. | Nemning | Rekneskap 2004 | Saldert budsjett 2005 | Forslag 2006 | Pst. endr. 05/06 |
1441 | Statens forureiningstilsyn (jf. kap. 4441) | 599 279 | 605 213 | 633 657 | 4,7 |
1444 | Produktregisteret | 13 888 | 14 637 | 13 354 | -8,8 |
1445 | Miljøvennleg skipsfart | 2 000 | 1 922 | -3,9 | |
2422 | Statens miljøfond | 200 | |||
Sum kategori 12.40 | 613 367 | 621 850 | 648 933 | 4,4 |
Kap. 1441 Statens forureiningstilsyn (jf. kap. 4441)
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2004 | Saldert budsjett 2005 | Forslag 2006 |
01 | Driftsutgifter | 195 300 | 190 263 | 173 902 |
21 | Spesielle driftsutgifter | 98 | 3 450 | 12 345 |
39 | Oppryddingstiltak , kan overførast | 45 862 | 64 880 | 67 162 |
65 | Tilskot til heilskapleg vassforvaltning , kan overførast | 1 445 | ||
73 | Tilskot til biloppsamlingssystemet | 146 702 | 127 368 | 154 455 |
75 | Utbetaling av pant for bilvrak , overslagsløyving | 170 395 | 151 252 | 171 793 |
76 | Refusjonsordningar , overslagsløyving | 39 477 | 68 000 | 54 000 |
Sum kap. 1441 | 599 279 | 605 213 | 633 657 |
Statens forureiningstilsyn sitt ansvar er å delta og medverke sentralt i arbeidet med å skape ei berekraftig utvikling. Statens forureiningstilsyn skal arbeide for forsvarleg miljøkvalitet. Forureining, produkt og avfall skal ikkje føre til helseskade, gå utover trivselen eller skade naturens evne til produksjon og sjølvfornying.
Statens forureiningstilsyn sine roller for å nå måla er å:
overvake og informere om miljøutviklinga
utøve mynde for å halde ved like og betre miljøet gjennom reguleringar, kontrolltiltak og prosessar som kan understøtte miljøarbeidet regionalt og lokalt
gjere tydeleg dei ulike samfunnssektorane sitt ansvar for å oppfylle miljøvernpolitiske mål
utgreie og gi råd overfor Miljøverndepartementet
styre fylkesmennenes miljøvernavdelingar innan Statens forureiningstilsyn sitt ansvarsområde
delta i det internasjonale miljøvernsamarbeidet og hjelpearbeidet
ha ansvar for å stille beredskapskrav til private bedrifter og kommunar.
Post 01 Driftsutgifter
Posten dekkjer lønn til faste og mellombels tilsette og driftsutgifter for Statens forureiningstilsyn. Posten dekkjer vidare midlar knytte til forsking, IT-utgifter (under dette utgifter til drifting av resultatdokumentasjonssystemet (RDS), miljøstatus etc.), husleige, informasjon, internasjonalt arbeid og formidling relatert til:
arbeidet innan overgjødsling og oljeforureining
arbeidet innan helse- og miljøfarlege kjemikaliar
arbeidet innan avfall og gjenvinning
arbeidet innan klimaendringar, luftforureining og støy
internasjonalt miljøsamarbeid og bistandsarbeid med UD, NORAD o.a.
miljøtilstanden i Noreg.
Posten kan overskridast mot tilsvarande meirinntekter under kap. 4441, postane 04 Gebyr, post 05 Leigeinntekter og post 09 Internasjonale oppdrag, jf. forslag til vedtak II nr. 1.
For å gjere synleg etatens utgreiingsarbeid er 8 mill. kroner av avsette midlar til utgreiing under denne posten flytta til kap. 1441 post 21 Spesielle driftsutgifter.
Meirverdiavgifta knytt til denne posten er frå 2006 budsjettert på eit eige utgiftskapittel til dekning av meirverdiavgift i statsforvaltninga. Som følgje av dette er 7,7 mill. kroner rammeoverført til kap. 1633 Nettoordning statleg betalt meirverdiavgift, post 01 Driftsutgifter i 2006. Dette vil ikkje få innverknad i forhold til aktivitetsnivået på posten.
Post 21 Spesielle driftsutgifter
Løyvinga på posten er auka med 9,5 mill. kroner. For å gjere synleg etatens utgreiingsarbeid er 8 mill. kroner av avsette midlar til utgreiing under kap. 1441 post 01 Driftsutgifter flytta til post 21. Vidare er posten styrkt med 1,5 mill. kroner.
Meirverdiavgifta knytt til denne posten er frå 2006 budsjettert på eit eige utgiftskapittel til dekning av meirverdiavgift i statsforvaltninga. Som følgje av dette er 600 000 kroner rammeoverført til kap. 1633 Nettoordning statleg betalt meirverdiavgift, post 01 Driftsutgifter i 2006. Dette vil ikkje få innverknad i forhold til aktivitetsnivået på posten.
Posten er fordelt som følgjer:
Farleg avfall – (beredskap)
Posten dekkjer utgifter Statens forureiningstilsyn kan få ved å måtte fjerne spesielle typar avfall slik som eigarlaust farleg avfall, farleg avfall frå konkursbu eller farleg avfall som eigaren ikkje klarer å ta hand om på ein forsvarleg måte, jf. forureiningslova §§ 74 og 76.
Innovasjon – miljøteknologi
Regjeringa vil gjere Noreg til eit føregangsland for miljøteknologi. Regjeringa ønskjer derfor å leggje til rette for å styrkje utvikling og bruk av miljøteknologi, og medverke til at dette blir meir sentralt i høve til viktige miljøutfordringar, jf. omtale under resultatområde 11. Det blir derfor føreslått å vidareføre 3 mill. kroner til Statens forureiningstilsyn sitt arbeid med å auke kompetanse og stimulere til styrkt utvikling og bruk av miljøteknologi.
Lokalt klimaarbeid
Slik Regjeringa varsla i St.meld. nr. 21 (2004-2005) Regjeringens miljøvernpolitikk og rikets miljøtilstand vil Regjeringa utvikle miljøvernpolitikken på lokalt nivå. Som ledd i dette vil Regjeringa leggje til rette for eit offensivt lokalt energi- og klimaarbeid. Det vil bli vurdert tiltak for i sterkare grad å involvere det lokale nivået i klimapolitikken. Posten er styrkt med 1,5 mill. kroner til arbeidet med lokalt klimaarbeid (jf. tidlegare omtale).
Tidsavgrensa oppdrag og utgreiingar (FOU)
I arbeidet for å nå dei nasjonale miljømåla kjøper etaten bl.a. tidsavgrensa tenester frå forskingsinstitusjonar og private. Dette omfattar utgreiingar og vurderingar knytte til etatanes saksområde. For 2006 gjeld dette i hovudsak arbeidet med helse- og miljøfarlege kjemikaliar, avfall og klima ( bl.a. rammedirektivet for vatn; utsleppsrekneskap klima, kartlegging av helse og miljøfarlege kjemikaliar).
Post 39 Oppryddingstiltak, kan overførast
Posten er knytt til resultatområda 4 Overgjødsling og oljeforureining, 5 Helse- og miljøfarlege kjemikaliar og 6 Avfall og gjenvinning. Posten blir nytta til å dekkje utgifter til undersøkingar og gjennomføring av oppryddingstiltak i vatn, grunn og sediment som er forureina med farlege miljøgifter. Posten skal òg dekkje opprydding i Vansjø og ev. andre vassførekomstar med samansette miljøproblem.
Løyvinga til opprydding i forureina grunn og sediment har blitt auka betydeleg i perioden. Regjeringa vil auke løyvinga med ytterligare 8,2 mill. kroner i 2006.
Meirverdiavgifta knytt til denne posten er frå 2006 budsjettert på eit eige utgiftskapittel til dekning av meirverdiavgift i statsforvaltninga. Som følgje av dette er 5,9 mill. kroner rammeoverført til kap. 1633 Nettoordning statleg betalt meirverdiavgift, post 01 Driftsutgifter i 2006. Dette vil ikkje få innverknad i forhold til aktivitetsnivået på posten.
Forureinar betaler-prinsippet ligg til grunn for arbeidet på dette feltet, og så langt det er rimeleg vil pålegg etter forureiningslova bli nytta som verkemiddel for å sikre opprydding i forureina vatn, grunn og sediment. Det vil likevel vere ulike situasjonar der det er aktuelt at miljøvernforvaltninga dekkjer delar av utgiftene til undersøkingar, opprydding eller andre tiltak:
Der Staten ved miljøvernforvaltninga er den ansvarlege for forureininga.
Der den ansvarlege ikkje kan identifiserast, ikkje er betalingsdyktig og/eller av andre grunnar ikkje kan stå for ei god opprydding.
Der det hastar å få rydda opp. Staten forskotterer oppryddingskostnadene for å komme raskt i gang, og vil krevje kostnadene refunderte frå den ansvarlege i etterkant.
Der miljøforvaltninga vil skaffe fram grunnlag for å leggje til rette for kunnskapsinnhenting og formidling, bl.a. ved å gjennomføre pilotprosjekt.
Der det er nødvendig for å medverke til ei samla opprydding eller anna tiltaksgjennomføring i eit område.
Der det av andre grunnar er urimeleg at den ansvarlege skal dekkje alle kostnadene.
I tillegg kan posten nyttast til å medverke til utarbeiding og oppfølging av fylkesvise tiltaksplanar for opprydding i forureina sediment i større fjordområde, til planmessig kartlegging og oppfølging av forureiningssituasjonen (tilstandsdata), til undersøkingar og utgreiingar for å leggje til rette for ein målretta og effektiv innsats i oppryddingsarbeidet, anna kunnskapsoppbygging og til å dekkje utgifter knytte til det nasjonale rådet for forureina sediment. Fordi tiltaka strekkjer seg over fleire år, er det foreslått å vidareføre bestillingsfullmakta knytt til posten med 25 mill. kroner, jf. forslag til vedtak V nr. 1.
Post 73 Tilskot til biloppsamlingssystemet
Tilskotsordninga rettar seg mot resultatområde 6 Avfall og gjenvinning og resultatområde 5 Helse- og miljøfarlege kjemikaliar.
Mål
Tilskotsordninga er ein del av oppsamlingssystemet for bilvrak og beltemotorsyklar. Målet med oppsamlingssystemet er å sikre forsvarleg og miljøvennleg innsamling og behandling av bilvrak frå heile landet. Ordninga omfattar driftsstøtte til godkjente biloppsamlingsplassar og støtte til pressing og frakt av vrak frå oppsamlingsplassane til fragmenteringsverka. Ordninga skal vere sjølvfinansierande. Dette vil seie at inntekter og utgifter skal balansere over tid. Inntektene kjem frå vrakpantavgifta på førstegongsregistrerte køyretøy, jf. St.prp. nr. 1 (2005-2006) Skatte-, avgifts- og tollvedtak, og frå inntekter ved sal av metall i vraka. Vrakpantavgifta blir fastsett på bakgrunn av prognosar for forventa nybilsal og talet på pantevrak, jf. kap. 1441 post 75 Utbetaling av pant for bilvrak. Posten er auka med 23 mill. kroner som følgje av forventningar om auke i talet på vrak og prisjusteringar i forhold til drifts- og pressestøtte. Posten er vidare prisjustert med 4 mill. kroner.
Den delen av det eksisterande avgiftssystemet som gjeld utbetaling av pant til bileigar vil førebels bli ført vidare. Ein viser til omtale under resultatområde 6 når det gjeld omtale av produsentansvar for bilvrak.
Tildelingskriterium
Det blir gitt driftsstøtte på kr 631 pr. motteke vrak til godkjende oppsamlingsplassar for å sikre gjennomføring av dei miljøvernoperasjonane dei er pålagde å utføre i samband med mottak av vrak.
Det blir gitt transportstøtte til presse- og transportoperatørane til dekning av kostnadene for pressing og frakt av vraka frå oppsamlingsplassane til behandlingsanlegga. Transportstøtta skal sikre at ingen delar av landet fell utanom oppsamlingsordninga på grunn av høge transportutgifter. Storleiken på tilskotet er bl.a. avhengig av kva som kan oppnåast ved sal av bilvraka til fragmenteringsverka, jf. kap. 4441 post 08 Inntekter frå sal av bilvrak. Tilskotet inneber ei plikt for tilskotsmottakaren til å samle inn vrak frå dei godkjende oppsamlingsplassane.
Posten dekkjer òg utgifter til ulike utgreiingar og tiltak som miljøvernstyresmaktene treng for å administrere ordninga.
Oppfølging og kontroll
Driftstilskotet blir utbetalt av Tollregion Midt-Noreg etter mottak av ei vrakpantkvittering for at bilvraket er motteke for behandling.
Post 75 Utbetaling av pant for bilvrak, overslagsløyving
Tilskotsordninga rettar seg mot resultatområde 6 Avfall og gjenvinning og resultatområde 5 Helse- og miljøfarlege kjemikaliar.
I budsjettforslaga er det dei seinare åra lagt til grunn at det blir innlevert ca. 100 000 bilvrak som det skal utbetalast pant for. Ein ny gjennomgang av venta levering av bilvrak viser ein auke, og dei to siste åra har det vore innlevert over 110 000 vrak. Det er venta at auken i vrakmengde den seinare tida vil vare ved i tida framover. Innsamlingsnivået er venta å stige til ca. 114 000 vrak i 2006. Som følgje av dette er løyvinga auka med 20,5 mill. kroner.
Mål
Tilskotsordninga er ein del av oppsamlingssystemet for bilvrak og beltemotorsyklar. Målet med denne tilskotsordninga er å stimulere bileigar til å levere utrangerte bilar til godkjent biloppsamlingsplass slik at bilvraket kan takast hand om på ein forsvarleg måte og gjenvinnast. Posten dekkjer utbetaling av vrakpant og kostnader ved overføring av vrakpanten til bileigaren. Forskrift om kasserte køyretøy trådde i kraft i juli 2002 og inneber at produsentar og importørar gradvis fram mot 2007 tek over ansvaret for handtering av kasserte køyretøy. Produsentansvaret er nå ein del av avfallsforskriftas kapittel 4 om kasserte køyretøy. Sjå resultatområde 6 for ytterlegare omtale av ordninga.
Tildelingskriterium
Vrakpanten blir utbetalt av Tollregion Midt-Noreg mot kvittering for at bilvraket er levert til godkjent biloppsamlingsplass for behandling. Vrakpanten for 2006 vil vere på 1 500 kroner.
Oppfølging og kontroll
For å sikre at bilvraket har rett til vrakpant, blir kvitteringa kontrollert mot det sentrale motorvognregisteret. Kontrollen skjer elles ved kontroll av lager på oppsamlingsplassane og rekneskap med vedlegg.
Post 76 Refusjonsordningar, overslagsløyving
Posten dekkjer ulike refusjonsordningar retta mot resultatområde 5 Helse- og miljøfarlege kjemikaliar, resultatområde 6 Avfall og gjenvinning og resultatområde 7 Klimaendringar, luftforureining og støy. Posten dekkjer også utgifter til ulike utgreiingar og tiltak som miljøvernstyresmaktene har behov for i samband med administrering av ordningane.
Som følgje av mindre utbetalingar til HFK/PFK enn tidlegare stipulert, er forslaget til løyving over posten redusert med 14 mill. kroner for 2006. Det har vist seg vanskeleg å stipulere utbetalingar til ordninga og overslaga har variert. Foreslått reduksjon er m.a. basert på bransjens eige overslag.
Refusjon av smørjeoljeavgifta
Mål
Målet med ordninga er å stimulere til auka innlevering av spillolje til miljøgodkjent behandling. Spillolje er brukt smørjeolje, og er klassifisert som farleg avfall. Smørjeolje er, med unntak av enkelte bruksmåtar, pålagt smørjeoljeavgift, jf. St.prp. nr. 1 (2005 -2006) Skatte-, avgifts- og tollvedtak, kap. 5542 post 71. Refusjonsordninga vart innført i 1994 og utvida i 2000 for å sikre høgare innsamlingsgrad.
Kriterium for måloppnåing
Innsamlingsgrad for spillolje (med og utan rett til refusjon) er i dag i overkant av 80 pst. og har vore stabil dei siste åra. Total mengd innsamla spillolje var i 2004 på om lag 35 000 m3, av dette i underkant av 25 000 m3 med rett på refusjon. Mengd innsamla smørjeolje blir stadig redusert som ein konsekvens av mindre bruk av slik olje. Det er ikkje rekna med vesentleg endring i mengd innsamla spillolje i 2006. Posten dekkjer òg utgifter til informasjon og administrasjon av ordninga.
Tildelingskriterium
Det blir utbetalt refusjon for dei fleste typar brukt smørjeolje og andre brukte oljer (transformatoroljer m.m.) med tilsvarande eigenskapar, med unntak av bl.a. spillolje som kjem frå større skip (større enn 250 fot) i internasjonal sjøfart. Refusjonen blir utbetalt til større mottaksanlegg (tankanlegg) med førehandstilsegn frå Statens forureiningstilsyn. I tilsegna er det fastsett ein del vilkår som refusjonsmottakar har plikt til å rette seg etter. Krav om utbetaling blir kontrollerte i forhold til førehandstilsegna.
Oppfølging og kontroll
Oppfølginga blir ivareteken gjennom statistikk over årleg innsamla spillolje. Ved kontroll i tankanlegga dei siste åra er det konstatert mange brot på ordninga for refusjonar. Statens forureiningstilsyn føljer opp brota med å nekte refusjonsutbetaling eller krevje tilbakebetaling av feilaktig utbetalte refusjonar. Strengare reaksjonar som tilbaketrekking av tilsegna eller melding til politiet blir òg vurdert i alvorlege tilfelle.
På grunn av dei konstaterte brota vart det i 2005 utarbeidd eit nytt sett av vilkår for refusjon, og tankanlegga vil få nye godkjenningar med tydelegare krav om at vilkåra skal følgjast.
Ei evaluering av refusjonsordninga for spillolje i 2003 konkluderte med at systemet fungerer godt, og har sikra ein auke i innsamlingsgraden frå omtrent 75 pst. i 1994 til 80–85 pst. i 2003.
Refusjon av avgift på Trikloreten (TRI)
Mål
Målet med ordninga er å hindre utslepp til miljøet av TRI frå TRI-haldig avfall, og er eit verkemiddel som skal medverke til at avgiftssystemet verkar optimalt.
Trikloreten (TRI) er ei miljøgift. Bruk og utslepp skal reduserast vesentleg. TRI, som er eit løysemiddel som først og fremst blir brukt til avfeitting i industrien, vart frå 1. januar 2000 pålagt avgift, jf. St.prp. nr. 1 (1999-2000) Skatte-, avgifts- og tollvedtak. Refusjonsordning for innbetalt TRI-avgift vart innført samtidig, for å auke effekten av verkemidla.
Posten dekkjer utbetaling av refusjon og utgifter til informasjon og administrasjon av ordninga. Det har dei siste åra vore få utbetalingar gjennom ordninga som følgje av at bruken av ny TRI er kraftig redusert. Det er ikkje venta vesentlege endringar i 2006.
Tildelingskriterium
TRI-haldig avfall skal leverast til godkjent mottak eller behandlingsanlegg for farleg avfall, og ein vil få delvis refusjon av den innbetalte avgifta for den mengd TRI som finst i avfallet. For å stimulere til raskare utfasing av bruken av TRI vart refusjonssatsen sett til 25 kroner per kg, noko som utgjer under halvparten av avgiftssatsen.
Oppfølging og kontroll
Oppfølginga skjer gjennom statistikk over årleg innsamla mengd TRI. Anlegg som tek imot farleg avfall og gjenvinningsverksemda skal vere godkjent av Statens forureiningstilsyn.
Avgifta har medverka til ein kraftig reduksjon i etterspørselen etter ny TRI. På grunn av dei små mengdene som er i bruk og som er omfatta av refusjonssystemet, vil ein vurdere om det er føremålstenleg å vidareføre refusjonsordninga eller om ein kan sikre innlevering av TRI-haldig avfall på andre måtar.
Refusjon av avgift på hydrofluorkarbon (HFK) og perfluorkarbon (PFK)
Mål
Stortinget vedtok i samband med behandlinga si av statsbudsjettet for 2003 å innføre ei avgift på hydrofluorkarbonar (HFK) og perfluorkarbonar (PFK) frå 1. januar 2003. Avgifta er retta mot import og produksjon av HFK og PFK, både som bulkvare og som delemne i produkt. Avgifta for budsjetterminen 2005 er på kr 187 pr. tonn CO2-ekvivalentar, og blir innkravd ved bulkimport og import i produkt der gassane eller bindingar av gassane er nytta. I samsvar med oppmoding frå stortingsfleirtalet i samband med behandlinga av statsbudsjettet for 2003, etablerte Regjeringa ei refusjonsordning i høve til avgifta. Refusjonsordninga trådde i kraft 1. juli 2004. Refusjonsordninga er heimla i forskrift 1. juni 2004 nr. 930 om gjenvinning og behandling av avfall (avfallsforskrifta), kapittel 8. HFK blir i første rekkje nytta som kuldemedium i kjøle- og fryseanlegg, men betydelege mengder blir òg brukte til brannslokking, og som drivgass til produksjon av isolasjonsmaterial.
Formålet med ordninga er å redusere utslepp til miljøet av HFK og PFK. HFK- og PFK-gassane er klimagassar, og reguleringa av desse er ein del av strategien for å redusere utsleppa av klimagassar i samsvar med Kyotoprotokollen. Ordninga med avgift og refusjon er venta å medverke til ei avgrensing i bruken av gassane til dei mest naudsynte områda, stimulere til produktutvikling, styrkje arbeidet med å hindre lekkasjar og stimulere til innsamling og forsvarleg behandling av brukt gass. Målgruppe for ordninga er aktørar som har større mengder HFK- og PFK-haldig avfall.
Kriterium for måloppnåing
Det er venta at kombinasjonen av avgift og refusjon vil gi ein vesentleg utsleppsreduksjon i 2010, i høve til kva utsleppet ville ha vore utan avgift og refusjon.
Tildelingskriterium
Forskrifta inneber at kuldebransjen og andre som leverer HFK og PFK til godkjent destruksjonsanlegg for destruksjon, kan krevje refusjon. Føresetnaden er dokumentasjon som viser kva for mengd og typar av HFK og PFK som er leverte.
Det blir utbetalt refusjon for den mengda HFK og PFK som er levert til godkjent destruksjonsanlegg for destruksjon. Refusjonssatsane vil vere lik dei gjeldande differensierte avgiftssatsane for avgifta på HFK og PFK ved innleveringstidspunktet, jf. Stortingets årlege avgiftsvedtak og forskrift 11. desember 2001 nr. 1 451 om særavgifter § 3-18-2. Det har vore utbetalt vesentleg mindre refusjon enn prognostisert, og løyvinga er redusert i samsvar med nye prognosar, jf. tidlegare omtale.
Oppfølging og kontroll
Statens forureiningstilsyn fører tilsyn med refusjonsordninga, jf. avfallsforskrifta § 17-3.
Kap. 4441 Statens forureiningstilsyn (jf. kap. 1441)
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2004 | Saldert budsjett 2005 | Forslag 2006 |
04 | Gebyr | 22 360 | 21 059 | 21 059 |
05 | Leigeinntekter | 880 | 918 | 947 |
08 | Inntekter frå sal av bilvrak | 68 087 | 32 774 | 94 249 |
09 | Internasjonale oppdrag | 3 346 | 4 656 | 4 805 |
16 | Refusjon av fødsel- og adopsjonspengar | 3 008 | ||
17 | Refusjon av lærlingar | 41 | ||
18 | Refusjon av sjukepengar | 1 626 | ||
Sum kap. 4441 | 99 348 | 59 407 | 121 060 |
Post 04 Gebyr
I samsvar med prinsippet om at forureinaren skal betale, er det innført gebyr på forureinande verksemd. Posten omfattar Statens forureiningstilsyns gebyrinntekter frå konsesjonsbehandling og kontroll i medhald av forskrift om begrensning av forurensning (forurensningsforskriften). Det vurderast å endre forurensningsforskriften slik at Fylkesmannen kan krevje gebyr for arbeid med konsesjonsbehandling og kontroll. Fylkesmannen sine gebyrinntekter vil eventuelt bli førte under denne posten.
Vidare omfattar posten gebyrinntekter frå tilsyn og kontroll med kjemiske stoff og produkt.
Inntekter fastsette i forskrift om førehandsmeldingar av nye kjemiske stoff, jf. resultatområde 5 Helse- og miljøfarlege kjemikaliar, blir òg førte under denne posten.
Kap. 1441 post 01 Driftsutgifter kan overskridast mot tilsvarande meirinntekter under denne posten, jf. forslag til vedtak II nr. 1.
I denne posten inngår Statens forureiningstilsyns inntekter frå gebyr betalt i medhald av forskrift om gebyr for deklarering av farlig avfall. Gebyret dekkjer Statens forureiningstilsyns utgifter til kjøp av tenester knytte til behandling og samanstilling av informasjon frå deklarering.
Post 05 Leigeinntekter
Inntektene omfattar dei leigeinntektene Statens forureiningstilsyn har i samband med utleige av nokre kontorlokale og utleige av konferansesenteret. Meirinntekter under posten gir grunnlag for meirutgifter under kap. 1441 post 01 Driftsutgifter, jf. forslag til vedtak II nr. 1.
Post 08 Inntekter frå sal av bilvrak
Løyvinga er rekna ut under føresetnad av levering av om lag 114 000 bilvrak til fragmentering, jf. utgifter under kap. 1441 post 73 Tilskot til biloppsamlingssystemet.
Post 09 Internasjonale oppdrag
Inntektene er knytte til oppdrag i samband med Statens forureiningstilsyns samarbeid med NORAD, bl.a. gjennomgang og evaluering av miljøprosjekt og institusjonsbygging i samarbeidsland. Dette samarbeidet vil bli utvikla vidare og trappa opp, jf. kap. 1441 post 01 Driftsutgifter. Kap. 1441 post 01 Driftsutgifter kan overskridast mot tilsvarande meirinntekter under denne posten, jf. forslag til vedtak II nr. 1.
Kap. 1444 Produktregisteret
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2004 | Saldert budsjett 2005 | Forslag 2006 |
01 | Driftsutgifter | 13 888 | 14 637 | 13 354 |
Sum kap. 1444 | 13 888 | 14 637 | 13 354 |
Meirverdiavgifta knytt til budsjettpostane 01-29 og 30-49 er frå 2006 budsjettert under kap. 1633 Nettoordning statleg betalt meirverdiavgift, post 01 Driftsutgifter.
Rolle og oppgåver for produktregisteret
Produktregisteret er oppretta for å rasjonalisere innsamling av kjemikalieinformasjon til bruk innan HMS-arbeid, og er det sentrale statlege registeret på dette området. Produktregisteret er i første rekkje eit serviceorgan for Arbeidstilsynet, Oljedirektoratet, Giftinformasjonen, Statens forureiningstilsyn, Statens institutt for folkehelse, Statens arbeidsmiljøinstitutt og Direktoratet for brann- og eksplosjonsvern. Produktregisteret kan dessutan medverke med open informasjon til andre som har oppgåver innan HMS-sektoren. I 2006 vil det bli arbeidd vidare med å effektivisere og fornye Produktregisteret. Produktregisteret og Statens forureiningstilsyn skal vurdere høvet for å integrere Produktregisteret i Statens forureiningstilsyn. Statens forureiningstilsyn er den største brukaren av registeret. Større nærleik mellom registeret og den største brukaretaten vil truleg gi betre og meir effektiv drift av registeret og bidra til auka effektivitet i kjemikalieforvaltninga.
Mål
Produktregisteret skal samle inn, systematisere og arkivere opplysningar om kjemikaliar, leggje til rette opplysningar ut frå registrerte data, slik at definerte brukarar får tilgang til riktig informasjon, og omarbeide graderte data til ugradert informasjon for å gjere opplysningane meir allment tilgjengelege.
Post 01 Driftsutgifter
Posten dekkjer lønn til faste og mellombels tilsette og driftsutgifter, knytte til dette utgreiing, informasjon m.m. for Produktregisteret.
Meirverdiavgifta knytt til posten er frå 2006 budsjettert på eit eige utgiftskapittel til dekning av meirverdiavgift i statsforvaltninga. Som følgje av dette er 424 000 kroner rammeoverført til kap. 1633 Nettoordning statleg betalt meirverdiavgift, post 01 Driftsutgifter i 2006. Dette vil ikkje få innverknad i forhold til aktivitetsnivået på posten.
Kap. 1445 Miljøvennleg skipsfart
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2004 | Saldert budsjett 2005 | Forslag 2006 |
21 | Spesielle driftsutgifter | 2 000 | 1 922 | |
Sum kap. 1445 | 2 000 | 1 922 |
Meirverdiavgifta knytt til budsjettpostane 01-29 og 30-49 er frå 2006 budsjettert under kap. 1633 Nettoordning statleg betalt meirverdiavgift, post 01 Driftsutgifter.
Rolle og oppgåver for Sjøfartsdirektoratet:
Sjøfartsdirektoratet er fagleg underlagt Miljøverndepartementet i saker som gjeld forureining og vern om det marine miljø, og utfører viktig arbeid innafor dette området. Arbeidet omfattar bl.a. utgreiingsoppgåver, utarbeiding av forskrifter, utferding av sertifikat, flaggstatskontrollar og hamnestatskontrollar. Sjøfartsdirektoratet utfører også betydelege internasjonale oppgåver på miljøområdet retta mot FNs sjøfartsorganisasjon IMO, EU, Nordsjøsamarbeidet og Det arktiske samarbeidet.
Sjøfartsdirektoratet har som ei av sine hovudmålsetjingar å medverke til at skipsfarten er ei miljøvennleg transportform. Dette inneber at direktoratet skal medverke til at norsk maritim verksemd er minst like miljøeffektiv som alternative transportformer, og har gode tekniske og operasjonelle forhold som førebyggjer miljøskadar. I tillegg skal direktoratet medverke til stor tryggleik mot forureining ved effektivt tilsyn av norske skip og hamnestatskontroll av framande skip.
Post 21 Spesielle driftsutgifter
Posten bidreg til å dekkje lønn til faste og mellombels tilsette og driftsutgifter for Sjøfartsdirektoratet i arbeidet med ein miljøvennleg skipsfart. Reduksjonar i utslepp av SO2, NOx og klimagassar står sentralt i dette arbeidet. Vidare skal det gjennomførast tiltak for å redusere faren for utilsikta introduksjon og spreiing av fremmande arter i ballastvatn. Det skal også arbeidast for ein ny konvensjon som tek sikte på forsvarleg opphogging av skip. Posten dekkjer vidare midlar knytte til utgreiingar, informasjon, internasjonalt arbeid og formidling relatert til miljøspørsmål.
Meirverdiavgifta knytt til denne posten er frå 2006 budsjettert på eit eige utgiftskapittel til dekning av meirverdiavgift i statsforvaltninga. Som følgje av dette er 78 000 kroner rammeoverført til kap. 1633 Nettoordning statleg betalt meirverdiavgift, post 01 Driftsutgifter i 2006. Dette vil ikkje få innverknad i forhold til aktivitetsnivået på posten.
Kap. 2422 Statens miljøfond
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2004 | Saldert budsjett 2005 | Forslag 2006 |
70 | Statens miljøfond, rentestøtte | 200 | ||
Sum kap. 2422 | 200 |
Statens miljøfond vart etablert i 1998 som ei låneordning med formål å sikre finansiering av prosjekt som medverkar til å redusere utslepp av klimagassar og andre miljøskadelege utslepp, jf. resultatområda 4 Overgjødsling og oljeforureining, 5 Helse- og miljøfarlege kjemikaliar, 6 Avfall og gjenvinning og 7 Klimaendringar, luftforureining og støy.
Det er gitt tilsegner for heile den totale utlånsramma på 250 mill. kroner, og alle resterande tilsegner vart utbetalte i 2003. Låneordninga er nedlagt.
Post 70 Statens miljøfond, rentestøtte
Siste utbetaling av rentestøtte skjedde i april 2004. Posten vart nedlagt i 2005.
Kap. 5322 Statens miljøfond, avdrag
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2004 | Saldert budsjett 2005 | Forslag 2006 |
91 | Innbetaling av avdrag | 29 062 | 10 300 | 13 200 |
Sum kap. 5322 | 29 062 | 10 300 | 13 200 |
Post 91 Innbetaling av avdrag
Basert på fortløpande lån og utbetalingar er avdraga utrekna til 13,2 mill. kroner for 2006.
Kap. 5621 Statens miljøfond, renteinntekter
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2004 | Saldert budsjett 2005 | Forslag 2006 |
80 | Renteinntekter | 5 373 | 3 500 | 3 400 |
Sum kap. 5621 | 5 373 | 3 500 | 3 400 |
Post 80 Renteinntekter
Basert på fortløpande lån og utbetalingar er renter m.m. utrekna til 3,4 mill. kroner for 2006.
Programkategori 12.50 Kart og geodata
Utgiftene under programkategori 12.50 høyrer inn under resultatområde 10 Kart og geodata og 11 Områdeovergripande verkemiddel og fellesoppgåver. Ein viser til innleiinga i del II der det blir gjort greie for budsjettendringar i 2006 innafor resultatområda.
Ei samanlikning med saldert budsjett 2005 viser ein auke på 14,5 mill. kroner, eller omlag 4,2 pst. i 2006. Auken skuldast i hovudsak Kartverkets rolle i MAREANO-programmet og kompensasjon for bortfall av inntekter for grunneigedoms-, adresse- og bygningsinformasjon, som kommunane tidlegare har betalt for. Auken i løyving inneber ingen aktivitetsauke for Kartverket.
Utgifter under programkategori 12.50 fordelte på kapittel
(i 1 000 kr) | |||||
---|---|---|---|---|---|
Kap. | Nemning | Rekneskap 2004 | Saldert budsjett 2005 | Forslag 2006 | Pst. endr. 05/06 |
1465 | Statens kjøp av tenester i Statens kartverk | 355 848 | 336 323 | 350 788 | 4,3 |
2465 | Statens kartverk (jf. kap. 5491 og 5603) | 7 364 | 12 000 | 12 000 | 0,0 |
Sum kategori 12.50 | 363 212 | 348 323 | 362 788 | 4,2 |
Kap. 1465 Statens kjøp av tenester i Statens kartverk
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2004 | Saldert budsjett 2005 | Forslag 2006 |
21 | Betaling for statsoppdraget , kan overførast | 355 848 | 336 323 | 350 788 |
Sum kap. 1465 | 355 848 | 336 323 | 350 788 |
Kapitlet dekkjer etablering og drift av infrastruktur for geografisk informasjon. Løyvinga blir sett på som ei inntekt for Statens kartverk, slik at tilsvarande beløp blir inntektsførte under kap. 2465 Statens kartverk, post 24.1 Driftsinntekter.
Auken omfattar bl.a. 7,87 mill. kroner til MAREANO-programmet, som rettar seg mot kartlegging av havbotn i nordområda, jf. omtale under resultatområda 1 og 10. Statens kartverk er dessutan kompensert for bortfall av salsinntekter med 8 mill. kroner.
Post 21 Betaling for statsoppdraget, kan overførast
Midlane under posten er i hovudsak retta mot resultatområde 10 Kart og geodata og 11 Områdeovergripande verkemiddel og fellesoppgåver.
Prioriteringar og innretting av Statens kartverks arbeid er beskrive i St.meld. nr. 30 (2002-2003) «Norge digitalt» – et felles fundament for verdiskaping. Sjøkartlegginga skal ha 1. prioritet.
Den gjennomførte omorganiseringa og skarpstillinga av Statens kartverk gjer det mogleg å halde oppe innsatsen på sjøkartlegging og auke kjøp frå private på mellomlang sikt.
Det blir utarbeidd spesifiserte produksjonsmål og aktivitetar som grunnlag for departementets styring med og kontroll av statsoppdraget.
Det er behov for ei bestillingsfullmakt i 2006 på 90 mill. kroner i samband med arbeidet med å etablere moderne elektroniske sjøkart for norskekysten, jf. forslag til vedtak V nr. 2.
Ein gjer framlegg om at inntil 3 mill. kroner kan omdisponerast mellom denne posten og kap. 2465 post 45, jf. forslag til vedtak IV.
Kap. 2465 Statens kartverk (jf. kap. 5491 og 5603)
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2004 | Saldert budsjett 2005 | Forslag 2006 |
24 | Driftsresultat: | 732 | 0 | 0 |
45 | Større utstyrsinnkjøp og vedlikehald , kan overførast | 6 632 | 12 000 | 12 000 |
Sum kap. 2465 | 7 364 | 12 000 | 12 000 |
Midlane under posten er i hovudsak retta mot resultatområde 10 Kart og geodata.
Rolle og oppgåver for Statens kartverk
Miljøverndepartementet legg vekt på at Statens kartverk skal vere eit tydeleg nasjonalt fagorgan innan sitt fagområde. Verksemda skal konsentrerast om styresmaktoppgåver og tilrettelegging for heile den norske geodataverksemda. Her inngår produksjon, standardisering, forvaltning og drift av offentlege data. Oppbygging av kompetanse og kapasitet for å ta hand om tinglysinga pågår. Den vil gradvis bli overført frå domstolane i perioden 2004-2007. Justisdepartementet har ansvar for gjennomføring av tinglysingsreforma.
Hovudoppgåva for Statens kartverk er å byggje og vedlikehalde ein nasjonal geografisk infrastruktur, og syte for at brukarane får enkel og effektiv tilgang til stadfesta (koordinatbestemt) informasjon. Den pågåande utbygginga av breiband og nye kommunikasjonskanalar i Noreg vil gjere Kartverket til ein sentral leverandør av data for ei rekkje tenester.
Som statens fagorgan innan kart og stadfesting (koordinatbestemming) skal Kartverket ivareta dei forvaltningsoppgåvene som følgjer med, under dette arbeid med standardar og regelverk og samordning med andre land på området. Kartverket skal dessutan delta i forsking og utvikling av kartteknologi, og samarbeide med norsk industri og kartbransje, bl.a. om eksportretta tiltak. I samarbeid med nokre av mottakarlanda for EØS-finansieringsordningane skal Kartverket prøve å få realisert prosjekt som overfører norsk kart- og geodatakompetanse til desse landa. Kartverket skal syte for at den geografiske informasjonen etaten forvaltar blir sikra for ettertida.
På enkelte område blir basisproduksjonen forsert ut over det statsoppdraget gir grunnlag for, gjennom tilskot frå brukarar eller samarbeid om felles geodataprosjekt gjennom Noreg digitalt. Fleire av Kartverkets produksjonsmål føreset at budsjetterte samfinansieringsprosjekt blir realiserte.
Basisproduksjonen omfattar i hovudsak følgjande oppgåver:
Etablering og drift av nasjonalt geodetisk grunnlag
Medverknad til etablering av geodetisk grunnlag, og drift og etablering av kartgrunnlag i kommunane
Drift og utvikling av nasjonal kontrollteneste for satellittposisjonering
Etablering og drift av geografiske primærdatabasar, bl.a. administrative grenser, eigedomskartverk, GAB (Grunneigedoms-, adresse- og bygningsregisteret), sentralt stadnamnregister og vegdatabase
Sjøkartlegging
Etablering og drift av nasjonale kartseriar, bl.a. hovudkartserien for land og sjø i trykt og digital form
Drift av arkiv og databasetenester, under dette sikring av historisk informasjon
Norsk bidrag til global geodesi og kartlegging
Utarbeiding av standardar og fagleg rettleiing
Samordning av Noreg digitalt
Forvaltningsoppgåver, bl.a. når det gjeld administrative grenser, eigedomsregistrering og stadnamn
Beredskapsoppgåver
Innføring av tinglysinga som eit sentralt register i Statens kartverk
Drift av luftfartshinderdatabasen
Statens kartverk utfører i tillegg nasjonale oppgåver knytte til andre departements budsjett, for eksempel kontroll av riksgrensa og kart til Forsvarets formål mv.
I 2006 skal Statens kartverk fortsetje å følgje opp St.meld. nr. 30 (2002-2003) «Norge digitalt» – et felles fundament for verdiskaping, i samsvar med dei forslaga som vart behandla i Stortinget i juni 2003. Det vil bli svært viktig å få samarbeidet om Noreg digitalt til å fungere i ein langsiktig driftsfase.
Post 24 Driftsresultat:
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Underpost | Nemning | Rekneskap 2004 | Saldert budsjett 2005 | Forslag 2006 |
24.1 | Driftsinntekter | -619 116 | -556 323 | -598 288 |
24.2 | Driftsutgifter , overslagsløyving | 601 849 | 544 034 | 585 987 |
24.3 | Avskrivingar | 10 837 | 9 274 | 9 933 |
24.4 | Renter av statens kapital | 2 725 | 3 015 | 2 368 |
24.5 | Til reguleringsfondet | 4 437 | ||
Sum post 24 | 732 | 0 | 0 |
Statens kartverk er ei statleg forvaltningsbedrift som styrer den interne økonomien etter bedriftsøkonomiske rekneskapsprinsipp, mens statsbudsjettet og statsrekneskapen blir rapporterte etter kontantprinsippet. Kartverket si tilknytingsform vil bli sett i samanheng med overføring av tinglysninga. Driftsresultatet er i budsjettet for 2006 sett til 0 kroner.
Underpost 24.1 Driftsinntekter
Kartverkets bedriftsøkonomiske driftsinntekter fordeler seg som følgjer:
Tabell 18.9 Kartverkets driftsinntekter
(i mill. kr.) | |||
---|---|---|---|
Rekneskap 2004 | Plan 2005 | Plan 2006 | |
Betaling for statsoppdraget | 356 | 336 | 351 |
Samfinansiering | 158 | 184 | 206 |
Belastningsfullmakt fra JD | 9 | 6 | 11 |
Royalty av sal av kart og geografiske data og salsinntekter frå sjøkart | 56 | 30 | 30 |
Sum driftsinntekter | 579 | 556 | 598 |
Rekneskap 2004 er ført opp i samsvar med Kartverkets bedriftsøkonomiske rekneskap. Plan 2005 refererer seg til St.prp. nr. 1 (2004-2005).
Kartverket sine salsinntekter er i hovudsak knytte til selskapet PRIMAR Stavanger, som formidlar sjøkart i samarbeid med andre land sine sjøkartverk, og royaltyavtale med statsaksjeselskapet Norsk Eigedomsinformasjon som formidlar Kartverket sin basisinformasjon i den kommersielle marknaden.
Behovet for relevante og riktige eigedomsopplysningar aukar innan fleire samfunnssektorar. Stortinget vedtok 9. juni 2005 ny lov om eigedomsregistrering, jf. Ot.prp. nr. 70 (2004-2005). Kommunane betaler i dag for elektronisk oppkopling til grunneigedoms-, adresse- og bygningsregister (GAB). Regjeringa foreslår å oppheve denne ordninga frå 1. januar 2006. Forslaget må sjåast i samanheng med arbeidet for å gjere offentleg informasjon lettare tilgjengeleg for brukane. Statsoppdraget er auka med 8 mill. kroner for å dekkje inntektsbortfallet.
Underpost 24.2 Driftsutgifter, overslagsløyving
Posten omfattar utgifter til lønn og andre fortløpande driftsutgifter, og etablering og oppgradering av Kartverkets databasar og geografiske infrastruktur elles.
Underpostane 24.3 Avskrivingar og 24.4 Renter av staten sin kapital
Avskrivingar og renter av statens kapital er budsjetterte ut frå ein venta bokført kapital på 39 mill. kroner pr. 31. desember 2005.
Avskrivingane for Statens kartverk bereknast etter fast praksis på grunnlag av dei kapitalgjenstandane som er bokførte pr. 31. desember året før budsjettåret. Det blir såleis ikkje berekna avskrivingar av kapitalgjenstandar som er skaffa i løpet av budsjettåret.
Avskrivingane skal baserast på historisk innkjøpspris for kvar einskilt kapitalgjenstand. Dette prinsippet vart slått fast ved Stortingets vedtak av 11. juni 1990 på grunnlag av St.prp. nr. 87 (1989-90), jf. Innst. S. nr. 243 (1989-90).
Det skal nyttast eit lineært avskrivingsprinsipp. Avskrivingane på dei einskilde kapitalgjenstandane skal skje med like store beløp kvart år basert på ein fastsett avskrivingsperiode (dvs. anteken levetid for vedkommande kapitalgjenstand).
Underpost 24.5 Til reguleringsfondet
Eit eventuelt avvik mellom budsjettert beløp under post 24 Driftsresultat og det rekneskapsførte beløpet under posten skal regulerast ved overføringar frå/til reguleringsfondet. Ei vesentleg årsak til avvik mellom det faktiske driftsresultatet og det budsjetterte driftsresultatet vil vere terminforskyvingar i kontante inn- og utbetalingar. Pr. 31. desember 2004 var reguleringsfondet på 50,7 mill. kroner.
Post 45 Større utstyrsinnkjøp og vedlikehald, kan overførast
Posten skal omfatte alle varige investeringar over 200 000 kroner. Grensa er valt bl.a. på bakgrunn av nasjonal innkjøpsverdi i reglane for offentlege innkjøp.
Kartverkets produksjonsutstyr er IT-basert. Produksjonsverksemda omfattar behandling av store datamengder frå oppmåling av sjø og land, EDB-basert kartproduksjon mv. Kartverket må fortløpande fornye og utbetre utstyrsparken for å kunne utnytte effektivitetsvinstane i ny teknologi i produksjonen, og møte etterspørselen etter nye produkt. Det budsjetterte investeringsnivået svarer likevel ikkje til meir enn ca. 2 pst. av totalomsetnaden.
Posten kan overskridast ved sal av utstyr der inntektene blir rekneskapsførte under kap. 5465 post 49, jf. forslag til vedtak II nr. 2.
Tabell 18.10 Kartverkets kapitalbalanse
(i mill. kr.) | ||||
---|---|---|---|---|
Rekneskap 31.12.03 | Rekneskap 31.12.04 | Venta 31.12.05 | Venta 31.12.06 | |
Eigedelar | ||||
Anleggsmidlar: | ||||
Driftsmidlar, eigedommar | 48,8 | 44,6 | 46,0 | 48,0 |
Aksjar, andelar | 0,0 | 0,0 | 0,0 | 0,0 |
Utlån og obligasjonar | 0,0 | 0,0 | 0,0 | 0,0 |
Sum anleggsmidlar | 48,8 | 44,6 | 46,0 | 48,0 |
Omløpsmidlar1): | ||||
Varebehaldning, varer i arbeid | 17,0 | 4,0 | 4,0 | 4,0 |
Kortsiktige fordringar | 52,6 | 76,1 | 76,1 | 76,1 |
Kortsiktige plasseringar | 0,0 | 0,0 | 0,0 | |
Kassebehaldning og innskot | 0,0 | 0,0 | 0,0 | 0,0 |
Sum omløpsmidlar | 69,6 | 80,7 | 80,7 | 80,7 |
Sum eigedelar | 118,5 | 125,3 | 126,7 | 128,7 |
Tabell 18.11 Kartverkets gjeld og eigenkapital1
(i mill. kr.) | ||||
---|---|---|---|---|
Rekneskap 31.12.03 | Rekneskap 31.12.04 | Venta 31.12.05 | Venta 31.12.06 | |
Gjeld og eigenkapital Eigenkapital2: | ||||
Eigenkapital utan reguleringsfond | -85,0 | -111,8 | -111,8 | -111,8 |
Reguleringsfondet | 46,2 | 50,7 | 50,7 | 50,7 |
Sum eigenkapital | -38,7 | -61,1 | -61,1 | -61,1 |
Langsiktig gjeld3: | ||||
Staten sin renteberande kapital | 48,8 | 44,6 | 45,9 | 48,0 |
Anna langsiktig gjeld | 0,0 | 0,0 | 0,0 | 0,0 |
Sum langsiktig gjeld | 48,8 | 44,6 | 45,9 | 48,0 |
Kortsiktig gjeld4: | ||||
Kortsiktig gjeld | 165,9 | 222,8 | 222,8 | 222,8 |
Mellomverande med statskassen | -57,6 | -81,0 | -81,0 | -81,0 |
Sum kortsiktig gjeld | 108,4 | 141,8 | 141,8 | 141,8 |
Sum gjeld og eigenkapital | 118,5 | 125,3 | 126,7 | 128,7 |
1 Omløpsmidlar. Det blir ikkje gjort overslag over omløpsmidlane før rekneskapsavslutning. Omløpsmidlane blir derfor førte opp uendra i budsjettåret. Omløpsmidlane blir rekneskapsførte i samsvar med Kartverkets bedriftsøkonomiske rekneskap.
2 Eigenkapital. Posten kjem fram som ein differanse mellom eigedelar og gjeld. Eventuelt avvik mellom rekneskapsført driftsresultat (etter føring til eller frå reguleringsfondet) og Kartverkets bedriftsøkonomiske resultat blir rekna mot eigenkapitalen.
3 Langsiktig gjeld. Kartverket finansierer alle anleggsmidlar fullt ut som «lån» i statskassen. Statens renteberande kapital fungerer derfor som motpost til anleggskapitalen. Den renteberande kapitalen er fordelt på 5 ulike «lån».
4 Kortsiktig gjeld. Det blir ikkje gjort overslag over kortsiktig gjeld før rekneskapsavslutning. Kortsiktig gjeld blir derfor ført opp uendra i budsjettåret. Kortsiktig gjeld blir rekneskapsført i samsvar med Kartverkets bedriftsøkonomiske rekneskap.
Kap. 5465 Statens kartverk
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2004 | Saldert budsjett 2005 | Forslag 2006 |
01 | Sal av anleggsmidlar | 10 284 | ||
49 | Sal av anleggsmidlar | 54 | ||
Sum kap. 5465 | 10 338 |
Post 01 Sal av anleggsmidlar
Posten blei oppretta i forbindelse med revidert nasjonalbudsjett for føring av inntekter knytte til salet av den konkurranseutsette verksemda av Statens kartverk, jf. St.prp. nr. 63/Innst. S. nr. 250 (2003-2004). Salsinntekta er eit eingangsbeløp.
Post 49 Sal av anleggsmidlar
På posten er det ført tilfeldige inntekter for Statens kartverk, bl.a. inntekter frå sal av anlegg og utstyr, som av regnskapstekniske grunnar skal bruttoførast.
Programkategori 12.60 Nord- og polarområda
Utgiftene under programkategori 12.60 høyrer inn under resultatområda 7 Klima, luftforureiningar og støy, 8 Internasjonalt miljøvernsamarbeid, og miljøvern i nord- og polarområda og 11 Områdeovergripande verkemiddel og fellesoppgåver. Ein viser til innleiinga i del II der det blir gjort greie for budsjettendringar i 2006 innafor resultatområdet.
Foreslått løyving knytt til programkategorien er i 2006 på 168,7 mill. kroner inkl. meirverdiavgift. Dette er ein auke på 22,4 mill. kroner, eller 15,3 pst. samanlikna med saldert budsjett for 2005. Løyvinga omfattar heilårsdrift av forskingsstasjonen Troll i Antarktis frå november 2006. Det er elles rekna med reduserte husleigeinntekter til Norsk polarinstitutt som følgje av at Polarmiljøsenteret har overteke leigeansvaret for Polarmiljøsenteret og lågare aktivitet ved forskingsfartøyet Lance. Elles er midlar frå Utdannings- og forskingsdepartementet rammeoverførte til Polarinstituttet for å dekkje opp investeringar til Svalbard forskingspark.
Frå 2006 er det innført ei ordning med nøytral meirverdiavgift for staten. Ordninga er innretta slik at meirverdiavgifta blir budsjetterte på eit eige utgiftskapittel til dekning av meirverdiavgift i statsforvaltninga. Ordninga er nærare omtalt under kapittel 5 i del I. Frå denne programkategorien er det rammeoverført 2,2 mill. kroner til dette felleskapitlet.
Regjeringa prioriterer høgt å styrkje det forskings- og overvakingsbaserte kunnskapsgrunnlaget for miljøforvaltninga av norske nord- og polarområde. Hovudinnsatsen vil vere retta mot klimaendringar, miljøgifter og biologisk mangfald. Betre kunnskap til forvaltninga av isbjørnbestanden, langtransporterte miljøgifter og miljøgifter frå kjelder med lokal betydning vil ha særleg fokus. Vidare er verneområda på Svalbard viktige referanseområde for økologisk forsking, og det er behov for auka kunnskap som grunnlag for forvaltning og vern av desse områda. Noreg har òg eit ansvar for å bringe fram kunnskap om og verne kulturminne som viser den menneskelege verksemda i polarområda gjennom tidene.
Tabell 18.12 Utgifter under programkategori 12.60 fordelte på kapittel
(i 1 000 kr) | |||||
---|---|---|---|---|---|
Kap. | Nemning | Rekneskap 2004 | Saldert budsjett 2005 | Forslag 2006 | Pst. endr. 05/06 |
1471 | Norsk Polarinstitutt (jf. kap. 4471) | 123 522 | 140 912 | 161 054 | 14,3 |
1472 | Svalbard miløvernfond (jf. kap. 4472) | 5 400 | 5 400 | 0,0 | |
Sum kategori 12.60 | 123 522 | 146 312 | 166 454 | 13,8 |
Kap. 1471 Norsk Polarinstitutt (jf. kap. 4471)
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2004 | Saldert budsjett 2005 | Forslag 2006 |
01 | Driftsutgifter | 108 324 | 114 779 | 110 065 |
21 | Spesielle driftsutgifter , kan overførast | 14 700 | 25 635 | 50 491 |
50 | Stipend | 498 | 498 | 498 |
Sum kap. 1471 | 123 522 | 140 912 | 161 054 |
Rolle og oppgåver for Norsk Polarinstitutt:
Norsk Polarinstitutt er den sentrale statsinstitusjonen for kartlegging, miljøovervaking og forvaltningsretta forsking i Arktis og Antarktis, jf. St.meld. nr. 42 (1992-93) Norsk polarforskning, fagleg og strategisk rådgivar overfor den sentrale forvaltninga og fagleg rådgivar for miljødirektorata og Sysselmannen i polarspørsmål.
Instituttet skal vidare:
halde ved lag ei brei forskingsbasert kompetanse i miljøvernforvaltning innan viltforvaltning, område- og habitatvern, klimaovervaking og forureiningsproblematikk
ha ansvar for topografisk og geologisk kartlegging av landområda på Svalbard og norsk biland og territorialkrav i Antarktis
utvikle og leie overvakingsprogram og system for miljøovervaking av norsk Arktis
medverke til å stimulere nasjonal og internasjonal forsking på Svalbard gjennom å gi tilgang til instituttets infrastruktur, så som forskingsstasjon, feltutstyr og transport mot dekning av instituttet sine kostnader
følgje opp og gjennomføre norsk miljølovgiving i Antarktis
ivareta forvaltningas kunnskapsbehov og utøve nødvendig kontroll saman med dei andre miljødirektorata, fremje miljøforsking og forvaltningsrådgiving innan Barentsregionsamarbeidet og det bilaterale norskrussiske miljøvernsamarbeidet
fokusere forskinga si på klimaprosessar og klimaendringar, effektane av desse på naturen og økotoksikologi i Arktis og Antarktis
utforske og overvake det marine miljøet i iskantsona i Barentshavet
representere Noreg i internasjonale samarbeidsfora og formidle kontakt mellom norske og internasjonale fagmiljø
medverke til å styrkje Polarmiljøsenteret
utvikle samarbeidet med dei andre forskingsinstitusjonane i Tromsø og i Nord-Noreg
drive utovervendt informasjon om polarområda m.a. gjennom samarbeid med Polaria.
Post 01 Driftsutgifter
Midlane under denne posten er retta mot resultatområda 7 Klimaendringar, luftforureining og støy, 8 Internasjonalt miljøvernsamarbeid og miljøvern i nord- og polarområda og 11 Områdeovergripande verkemiddel og fellesoppgåver. Posten dekkjer utgifter som Norsk Polarinstitutt har til lønn og godtgjersler for faste og mellombels tilsette. Vidare dekkjer posten ordinære driftsutgifter, drift av forskingsstasjon og luftmålestasjon i Ny-Ålesund og utgifter knytte til instituttets samla forskings- og ekspedisjonsverksemd. Løyvinga under posten omfattar vidare midlar til Svalbardkurset. I 2006 er det rammeoverført 2,3 mill. kroner frå Utdanning og forskingsdepartementet til utstyr for Norsk Polarinstitutts deltaking i Svalbard Forskingspark. Vidare er budsjettet auka med 3,5 mill. kroner for å dekkje auka husleige i Forskingsparken.
Posten dekkjer òg utgifter knytte til sals- og oppdragsverksemd og drift av polarforskingsfartøyet R/V «Lance». Dei tilsvarande inntektene er førte under kap. 4471 postane 01 og 03. Løyving kan overskridast dersom det er tilsvarande meirinntekt under dei to nemnde postane, jf. forslag til vedtak II nr.1.
Meirverdiavgifta knytt til denne posten er frå 2006 budsjettert på eit eige utgiftskapittel til dekning av meirverdiavgift i statsforvaltninga. 2 mill. kroner er som følje av dette rammeoverført til kap. 1633 Nettoordning statleg betalt meirverdiavgift, post 01 Driftsutgifter i 2006. Den nyoppretta ordninga for føring av meirverdiavgift vil ikkje få innverknad på aktivitetsnivået på posten.
Post 21 Spesielle driftsutgifter, kan overførast
Midlane under denne posten er retta mot resultatområda 7 Klimaendringar, luftforureining og støy, 8 Internasjonalt miljøvernsamarbeid og miljøvern i nord- og polarområda og 11 Områdeovergripande verkemiddel og fellesoppgåver. Posten dekkjer utgifter til vitskapeleg samarbeid i Antarktis der midlane gjeld deltaking i det internasjonale Antarktis-samarbeidet og midlar til gjennomføring av dei norske Antarktis-ekspedisjonane.
Noreg medverkar gjennom forskingsinnsats og aktiv deltaking i arbeidet under Antarktis-traktaten og Miljøprotokollen til eit globalt samarbeid for vern av det sårbare miljøet i Antarktis. Det er ein nær samanheng mellom å ha innverknad og å vere til stades, og norsk polarforsking i Antarktis har derfor ein viktig politisk og fagleg funksjon.
I tillegg til forskingsaktivitet skal løyvinga dekkje drift av forskingsstasjonen Troll og det internasjonale DROMLAN-prosjektet (Dronning Maud Land Air Network). Med denne satsinga vil Noreg styrkje sitt nærvær i Antarktis betydeleg, og også medverke i større grad til det internasjonale arbeidet for å bevare Antarktis som det reinaste og minst påverka villmarksområdet i verda.
Forskingsstasjonen Troll i Antarktis vart offisielt opna og overteken av Statsbygg i februar 2005. Stasjonen var ikkje fullt ut ferdigstilt, men vart overteken med ei mangelliste. Trass i dette har det vore gjennomført overvintring sørvinteren 2005 (mars-oktober).
Det vil bli gjennomført ein ekspedisjon sørsommaren 2005-2006 (november 2005 – februar 2006) for å fullføre utbygginga av stasjonen. Etter dette vil stasjonen bli opna for heilårsdrift frå og med november 2006. Heilårsdrifta i 2004-2005 har vist at dei årlege driftskostnadene ved stasjonen vil bli i storleiken 35 mill kroner som også omfattar drift av flystripa DROMLAN. Driftskostnadene vil bli høge fordi ein av sikringsomsyn vil utbetre køyretraseen iskanten – Troll der ein bl.a. passerer store område blåis med sprekker med fare for skadar både på personell og materiell dersom ein skulle køyre ned i ein sprekk. Transportkostnadene både til sjøs og over isen er høge. Dei er særleg knytte til transport av brensel som no blir transportert på fat. Det er derfor rekna med midlar til innkjøp av eit tankanlegg for å redusere desse kostnadene.
Kostnadsramma for stasjonen er no sett til 52 mill. kroner. Av dette er om lag 20 mill. kroner transport- og andre logistikkostnader, mens planlegging, administrasjon, materiell og oppsetjing av stasjonen kjem på om lag 32 mill. kroner.
I budsjettforslaget er det også lagt inn 10 mill. kroner til forsking. Dette må sjåast som ei førebuing og oppbygging av forskingsaktivitet i høve Det internasjonale polarforskingsåret 2007-2008.
Meirverdiavgifta knytt til denne posten er frå 2006 budsjettert på eit eige utgiftskapittel til dekning av meirverdiavgift i statsforvaltninga. 114 000 kroner er som følje av dette rammeoverført til kap. 1633 Nettoordning statleg betalt meirverdiavgift, post 01 Driftsutgifter i 2006. Den nyoppretta ordninga for føring av meirverdiavgift vil ikkje få innverknad på aktivitetsnivået på posten.
Post 50 Stipend
Midlane under denne posten er retta mot resultatområde 8 Internasjonalt miljøvernsamarbeid og miljøvern i nord- og polarområda.
Mål
Stipendmidlane skal auke rekrutteringa til og kompetansen innafor den norske polarforskinga. Midlane er eit viktig og effektivt verkemiddel for å stimulere norsk polarforsking på Svalbard. Støtte blir primært gitt til norske hovudfags- og doktorgradstudentar. Støtta skal dekkje ekstrautgifter ved opphald i felt.
Kriterium for måloppnåing
Gjennomført feltarbeid i tilknyting til hovudfagsstudie eller doktorgrad.
Tildelingskriterium
Det blir lagt vekt på relevante polare problemstillingar, fagleg kvalitet og i kor stor grad temaet ligg til rette for forsking.
Oppfølging og kontroll
Det blir kravd innsendt ei rekneskapsoversikt og ein kort fagleg rapport om gjennomføringa.
Kap. 4471 Norsk Polarinstitutt (jf. kap. 1471)
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2004 | Saldert budsjett 2005 | Forslag 2006 |
01 | Sals- og utleigeinntekter | 9 405 | 17 887 | 7 572 |
03 | Inntekter frå diverse tenesteyting | 17 387 | 17 882 | 18 454 |
16 | Refusjon av fødselspengar/adopsjonspengar | 908 | ||
18 | Refusjon av sjukepengar | 471 | ||
Sum kap. 4471 | 28 171 | 35 769 | 26 026 |
Post 01 Sals- og utleigeinntekter
Salsinntektene gjeld sal av kart, flybilete og publikasjonar, mens utleigeinntektene gjeld utleige av feltutstyr, transportmiddel, under dette utleige av forskingsfartøy og andre inntekter. Kap. 1471 post 01 kan overskridast tilsvarande eventuelle meirinntekter under denne posten, jf. forslag til vedtak II nr. 1.
Post 03 Inntekter frå diverse tenesteyting
Oppdragsinntektene gjeld inntekter frå eksterne oppdrag for andre offentlege instansar og frå det private næringslivet. Meirinntekter under denne posten gir grunnlag for tilsvarande meirutgifter under kap. 1471 post 01, jf. forslag til vedtak II nr. 1.
Kap. 1472 Svalbards miljøvernfond (jf. kap. 4472)
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2004 | Saldert budsjett 2005 | Forslag 2006 |
01 | Driftsutgifter, kan nyttast under post 70 | |||
70 | Tilskot , kan overførast, kan nyttast under post 01 | 5 400 | 5 400 | |
Sum kap. 1472 | 5 400 | 5 400 |
Svalbardmiljølova føreset oppretting av Svalbards miljøvernfond som vil tre i kraft i 2006. Fondet vil i utgangspunktet vere sett saman av midlar frå eit gebyr for tilreisande til Svalbard, av midlar kravde inn gjennom eit gebyr for kort og for felling i samband med hausting, gebyr for teoretisk eksamen i samband med jegerprøva, verdien av flora og fauna som er handtert i strid med lova, miljøerstatning fastsett av Sysselmannen og tvangsmulkt. Både fondkapitalen og avkastninga skal nyttast til tilskot til tiltak som har til føremål å verne miljøet på Svalbard. Fondet skal sikre si eiga drift slik at ein mindre del av midlane også vil gå til forvaltning av fondsmidlane. Det blir lagt opp til at Svalbards miljøvernfond skal ha eit styre som vil fordele fondsmidlane etter eksterne søknader. Det er utarbeidd eigne vedtekter for verksemda til fondet og det vil bli vedteke retningslinjer for tildeling av fondsmidlar. Fleire av gebyrordningane vil først ta til å gjelde i løpet av 2006 slik at inntektene til fondet vil vere om lag 5,4 mill. kroner dette året. Ved fullt driftsår vil inntektene være på ca. 6 mill. kroner.
Post 01 Driftsutgifter, kan nyttast under post 70
Posten er knytt til resultatområde 8, Internasjonalt miljøvern og miljøver i nord- og polar-områda.
Tildeling av midlar frå fondet til statlege verksemder vil bli ført under denne posten. I tillegg vil midlar til forvaltning av fondet bli utbetalte her.
Post 70 Tilskot, kan overførast, kan nyttast under post 01
Midlane under denne posten er retta mot resultatområde 8, Internasjonalt miljøvern og miljøvern i nord- og polarområda.
Svalbards miljøvernfond omfattar midlar til vern av naturmiljø og kulturminne på heile øygruppa. Fondets midlar skal fordelast av styret for fondet til tiltak på Svalbard i samsvar med svalbardmiljølova § 98 og føremålet med fondet slik det er fastsett i vedtektene. Dette omfattar m.a. undersøkingar og tiltak for å kartleggje og overvake miljøtilstanden, årsaker til miljøtilstanden, tilskot til skjøtsel, vedlikehald og gransking i samsvar med svalbardmiljølova og informasjons-, opplærings- og tilretteleggingstiltak. Det vil ikkje vere høve til å bruke midlar frå fondet til miljøforvaltningas ordinære administrative utgifter, og til tiltak som blir dekte av ordinære driftsmidlar for Sysselmannen.
Mål
Målet for fondet er å sikre at Svalbards særprega villmarksnatur og dei unike kulturminna blir tekne vare på som grunnlag for oppleving, kunnskap og verdiskaping.
Oppfølging og kontroll
Resultatkontroll og oppfølging skjer gjennom generell formaliakontroll av rapportar frå tilskotsmottakarane.
Kap. 4472 Svalbards miljøvernfond (jf. kap. 4472)
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2004 | Saldert budsjett 2005 | Forslag 2006 |
50 | Refusjon frå fondet | 5 400 | 5 400 | |
Sum kap. 4472 | 5 400 | 5 400 |
Under dette kapitlet er budsjettert refusjonane til statsbudsjettet basert på inntektene (m.a. frå diverse gebyr) til Svalbards miljøvernfond. Refusjonane under kap. 4472 gir grunnlag for tilsvarande utgifter som er budsjetterte under kap. 1472 Svalbards miljøvernfond.
Post 50 Refusjon frå fondet
Under denne posten blir dei midlane som blir refunderte frå Svalbards miljøvernfond til statsbudsjettet budsjetterte. Det er gjort greie for føremålet med og inntektene til fondet under kap. 1472. Svalbards miljøvernfond skal forvaltast av eit styre oppnemnt av Miljøverndepartementet. Utgiftene blir budsjetterte over Miljøverndepartementets budsjett. Dei årlege refusjonane til statsbudsjettet skal normalt svare til fondets stipulerte inntekter same året. Eventuelle overskytande beløp blir kapitaliserte i fondet.