St.prp. nr. 1 (2006-2007)

FOR BUDSJETTÅRET 2007 — Utgiftskapittel: 1-2, 1500-1583, 2445 og 2470 Inntektskapittel: 4500-4581, 5445-5446, 5470 og 5607

Til innhaldsliste

Del 1
Innleiande del

1 Fornying for velferd og verdiskaping

Regjeringa ynskjer ein sterk og effektiv offentleg sektor som gir innbyggjarane gode tenester, valfridom og medråderett. Difor vil vi utvikle velferdssamfunnet vidare. Vi vil satse på fellesskapsløysingane og redusere forskjellane i samfunnet. Gjennom aktivt samspel skal vi skape verdas beste offentlege sektor.

Vi vil difor arbeide systematisk med å sikre at offentlege tenester har høg kvalitet. Samstundes vil regjeringa arbeide for å effektivisere og frigjere ressursar til viktige område slik at dei høge ambisjonane for offentleg sektor kan realiserast innafor forsvarlege økonomiske og miljømessige rammer. Fornyingsarbeidet skal skje ut frå det brukarane har trong for og på lag med dei som skal setje fornyinga ut i livet.

Offentleg sektor skal gi meir velferd for kvar einskild og for landet samla gjennom mindre administrasjon, meir effektiv ressursutnytting og folkevald demokratisk styring.

Ein god offentleg sektor er ein konkurransefordel for næringslivet. Eit godt utdanningssystem, støtte til forsking og utvikling og enkle administrative rutinar i det offentlege kan gi norsk næringsliv auka konkurransekraft internasjonalt.

Regjeringa meiner at viktige samfunnsoppgåver skal løysast i fellesskap av det offentlege. Det gir oss eit særleg ansvar for at vi skaper gode resultat av dei ressursane som vi set inn. Løyser vi oppgåvene i offentleg forvaltning og tenesteproduksjon ein prosent meir effektivt kvart år utan å svekkje kvaliteten, vil vi etter fire år ha om lag 15 mrd. kroner ekstra årleg til oppfylling av dei prioriterte måla om forbetring av velferdsstaten, slik det kjem fram i Soria-Moria-erklæringa.

Verdas beste offentlege sektor vil regjeringa skape gjennom samspel og samarbeid. I fornyingsarbeidet vil regjeringa særleg leggje vekt på desse prinsippa:

  • Brukarretting:organisere det offentlege tilbodet slik at det møter folk sine behov, og gjere det enkelt for innbyggjarar og næringsliv å vere i kontakt med det offentlege

  • Openheit:arbeide aktivt for å gi folk flest betre kunnskap om og innsikt i offentlege dokument, aktivitetar, ressursbruk, kvalitet og resultat

  • Effektivisering:løyse fellesskapsoppgåver meir effektivt for å frigjere ressursar til prioriterte oppgåver

  • Kvalitet:sikre at det offentlege tilbodet har høg kvalitet, og at dette kan målast og fylgjast opp systematisk

  • Medverknad:leggje opp til brei og konstruktiv medverknad frå brukarane, leiarar, tilsette og organisasjonane deira

I tillegg til å jobbe etter desse prinsippa, vil regjeringa som konkrete tiltak i fornyingsarbeidet mellom anna:

  • I løpet av 2007 leggje fram ein strategi for den vidare fornyinga i det offentlege

  • Lage ei plattform for betre styring, organisasjon og leiing

  • Gjere ei tung satsing på breiband ved å foreslå å løyve om lag 122 mill. kroner til HØYKOM, som særleg kjem distrikta til gode

  • Foreslå å løyve 13 mill. kroner til satsing på MiSide, for at innbyggjarane skal få ein felles portal for informasjon til og frå det offentlege

  • Foreslå å løyve 10 mill. kroner til arbeidet med opne standardar, for å gjera utveksling av informasjon uavhengig av teknisk plattform

  • Skaffe eit betre grunnlag for å vurdere om arbeidstidsreformer vil gi positive effektar i arbeidslivet, m.a. ved å foreslå løyving på 20 mill. kroner til å undersøkje om eldre arbeidstakarar vil jobbe lenger med tilpassa arbeidstid

1.1 Ein forvaltningspolitikk for betre styring, organisering og leiing

Departementet vil arbeide fram ei ny plattform for styring, organisering og leiing i staten. Målet er at staten si organisering og bruken av styringsverkemiddel skal sikre god balanse mellom folkevald styring og kontroll, effektivitet, kvalitet og brukarretting. Dette stiller store krav til leiarane og til medverknad frå dei tilsette og deira organisasjonar.

Eit meir komplekst samfunn og aukande forventningar til kvalitet i offentleg sektor og omfang av velferdsgode, stiller offentleg sektor overfor større og til dels nye styringsutfordringar. Dei ressursane som vert stilte til disposisjon for offentleg sektor, skal nyttast så effektivt som mogleg. Ressursutnyttinga innafor ei eining eller eit politikkområde kan likevel ha effektar for måloppnåinga innafor andre sektorar. I Noreg og i tonegivande OECD-land søkjer ein å komme fram til organisasjonsutformingar og styringsformer som sikrar samordning, god styring og effektiv ressursutnytting på tvers av sektorar, forvaltningsnivå og organisasjonseiningar.

For å oppnå effektiv styring, høveleg organisering og god leiarskap må ein ofte vege ulike dilemma eller mål opp mot kvarandre, som til dømes:

  • Folkevald og politisk styring og kontroll med viktige avgjerder, og samstundes delegere myndigheit nedover i systemet og byggje gode og sterke fagmiljø

  • Desentralisering av avgjerder til lågast mogleg effektive nivå, og samstundes sikre nasjonale politisk mål, god fordeling, rettstryggleik og likebehandling

  • Mål- og resultatstyring og god kontroll med ressursbruken innafor offentleg sektor, og samstundes unngå overrapportering, detaljkontroll og målforskyving

  • Samordning og heilskapstenking på tvers av sektorar og einingar, og samstundes ha ei klar ansvarsdeling og unngå for kompliserte strukturar og avgjerdsprosessar

  • Bruk av marknaden og marknadsliknande prinsipp der det gir det beste resultatet for samfunnet, og samstundes sikre politisk styring og offentleg ansvar på dei områda der marknaden kjem til kort eller produserer ulikskap, miljøforringing eller andre negative sideeffektar.

Korleis desse omsyna skal vektast, den konkrete utforminga av organisasjonsløysningane og valet av styringsverkemiddel vil variere mellom sektorar og frå oppgåve til oppgåve.

Større omorganiseringar og endringar i til dømes tilknytingsform og styringsverkemiddel, bør vere forankra i ei klar oppfatning om kva som er målet med endringa og ei realistisk oppfatning av kostnadene. I tillegg må ein byggje på ei forståing av kva for effektar endringa har på sektorpolitikken og korleis alternative organisasjonsutformingar og styringsverkemiddel fungerer i høve til dei tverrgåande og overordna politiske måla.

Gjennomføring av forvaltningsreforma, der fleire oppgåver skal flyttast frå statleg nivå til nye folkevalde regionar, vil òg få konsekvensar for sentraladministrasjonen og «den sentrale staten». På fleire område må ein finne fram til andre og meir effektive samordnings­mekanismar og samarbeidsformer mellom stat og region enn i dag. Dette arbeidet vil ha høg prioritet i departementet.

Resultatorienterte leiarar er ein føresetnad for at statleg sektor skal nå sine mål. Utviklingsorienterte leiarar er ein avgjerande faktor for å fornye og forbetre offentleg sektor. Departementet vil difor leggje til rette for tiltak som kan støtte opp under dette, slik at leiarane kan handtere naudsynte omstillingsprosessar på ein god måte. Departementet vil òg verte tydelegare på kva leiarar i statlege verksemder skal målast på.

Store endringar, høgt tempo, krav til heilskapstenking og stor interesse frå media krev at leiarane har gode verdiar og evne til å skipe ein open og god kultur på arbeidsplassen. Leiarane skal òg vise i aktiv handling at verksemda tar eit samfunnsansvar. Dette skal kunne synast både i høve til brukarane, i høve til samarbeid på tvers i forvaltninga, i høve til privat sektor, og i høve til dei tilsette. Departementet vil leggje vekt på å utvikle gode rammevilkår og støttetiltak slik at leiarane i statsforvaltninga kan følgje opp på ein god måte dei utfordringane offentleg forvaltning står overfor framover.

Statens personalpolitikk må medverke til fornying ved at den legg til rette for at leiarane og medarbeidarane skal kunne oppnå resultat. Verksemdene har behov for handlingsrom slik at personalpolitikken kan tilpassast kvar einskild verksemd sine mål, særpreg og behov.

Statlege arbeidsgivarar må leggje stor vekt på kompetanse- og karriereutvikling slik at medarbeidarane har den kompetansen som er naudsynt for å nå målet om ein sterk offentlig sektor som gir innbyggjarane gode tenester. I dette ligg òg at medarbeidarane skal kunne bevare kompetanse og vidareutvikle seg gjennom heile yrkeslivet. Som eit viktig tiltak for eit inkluderande arbeidsliv vil regjeringa leggje til rette for auka mangfald.

Dei tilsette er særs viktige for å gjere offentleg sektor betre. Deira medverknad vil vere avgjerande for å sikre ein sterk og effektiv offentleg sektor. Regjeringa vil invitere alle offentleg tilsette med i dette arbeidet, og legg stor vekt på god dialog med dei tilsette og deira organisasjonar i omstillingsprosessar.

1.2 Arbeidstidsordningar

Kor lang arbeidstida skal vere, korleis den skal organiserast og fordelast over livsløpet er ein nøkkelfaktor i korleis samfunnet fungerer. Tidsorganiseringa er styrande for kor godt og effektivt vi løyser produksjonsoppgåvene i arbeidslivet. Men den har òg store konsekvensar for korleis vi handterer oppgåver i andre samanhengar, slik som i familien, i nabolaget, i organisasjonslivet og i fritida.

Ei utfordring for den norske velferdsstaten er at det vil vere knapt med arbeidskraft i åra framover. Yrkesaktiviteten i Noreg er allereie høg i internasjonal målestokk, og arbeidskraftreservane er små. Avgangen frå arbeidslivet til ulike helserelaterte trygdeordningar har auka med heile 50 pst. den siste tiårsperioden.

Redusert eller betre tilpassa arbeidstid kan vere eit verkemiddel for å halde på eller få fleire i arbeid. Spesielt gjeld dette for visse grupper av arbeidstakarar.

Det er gjort lite forsking om samanhengen mellom redusert arbeidstid og sjukefråvær, pensjoneringstidspunkt, deltidsarbeid og offentlege finansar. Det er naudsynt å skaffe fram betre kunnskap om verknadene av arbeidstidsreformer, mellom anna 6-timars arbeidsdag. Regjeringa vil difor gjennomføre eit prosjekt om arbeidstid fram mot 2009. Prosjektet vil omfatte forsøksverksemd med arbeidstidsreformer i samarbeid med partane i arbeidslivet samt forsking for å sjå korleis redusert arbeidstid verkar.

Hovudmålet med forsøka og forskinga vil vere å hjelpe til med å nå målet om å auke den effektive arbeidsstyrken.

Eldre arbeidstakarar er ein ressurs som må nyttast betre enn i dag. Departementet har komme til at eldre arbeidstakarar er ei interessant gruppe for eit forsøk fordi arbeidstida kan vere utslagsgivande for kor mykje dei vel å arbeide. Forsøket går ut på å undersøkje om tilpassa arbeidstid kan medverke til at eldre arbeidstakarar ventar med å gå av med pensjon.

1.3 IKT som verktøy for fornying og effektivisering

Informasjons- og kommunikasjonsteknologi (IKT) skal støtte opp om ein heilskapleg politikk for å betre velferdssamfunnet. Regjeringa vil i løpet av 2006 leggje fram ei eiga melding for Stortinget om IKT. Det er første gong ei regjering legg fram ei brei, heilskapleg melding om IKT og informasjonssamfunnet. IKT er ei viktig drivkraft for økonomisk vekst og fornying av offentleg sektor, men IKT kan også halde oppe og forsterke sosiale og økonomiske skilje for dei som fell utanfor. Difor vil det i meldinga bli lagt stor vekt på digital inkludering, digital kompetanse og bruk av IKT i offentleg sektor. Andre viktige tema som vil bli behandla i meldinga er IKT-forsking, næringsutvikling, digitalt innhald og IKT-tryggleik.

Regjeringa ser på IKT som eit av dei sentrale verkemidla i arbeidet med å fornye offentleg sektor og for å tilby brukartilpassa offentlege digitale tenester. Utviklinga av tenestene skal drivast fram av innbyggjarane og næringslivet sitt behov og vere med på å forenkle samhandlinga mellom brukarane og det offentlege. Tenestene skal utviklast slik at personvernet vert teke vare på.

Den kommande stortingsmeldinga vil også gi ein oversikt over framdrift og resultat så langt for eNoreg-planen. Planen utgjer ein overbygnad for IKT-politiske initiativ på statleg nivå, samstundes som planen er rettleiande for kommunesektoren. Kommunesektoren har sin eigen plan, eKommune 2009, og det er eit nært samarbeid mellom staten og kommuneforvaltninga om denne planen.

Breiband

Utbygging av breiband til heile landet gjer det mogleg å få til ny næringsverksemd og utvikling, og fjernar i stor grad dei avstandsulemper som måtte finnast. Å sikre alle tilbod om tilknyting til breiband, vil difor vere eit tiltak både for å betre kåra for næringslivet i Noreg, og å gjere det mogleg for alle innbyggjarar å nytte offentlege elektroniske tenester. Soria Moria-erklæringa slår fast at Noreg skal vere mellom dei fremste landa i verda til å ta i bruk og utvikle elektronisk kommunikasjon. Erklæringa har også som mål at heile landet skal ha tilbod om tilknyting til breibandsnett innan utgangen av 2007. Breibandsdekninga er i oktober 2006 om lag 95 pst. og framleis aukande (sjå òg dekningskart i del III). For å nå målet vil det likevel vere område med særskilde behov for stimulering av breibandsutviklinga.

Regjeringa vil understøtte den marknadsbaserte breibandsutbygginga gjennom ei utviding og tilpassing av den allereie eksisterande Høykom-ordninga. Modellen byggjer på tilskott etter søknad, og for å sikre størst mogleg grad av samordning vil fylkeskommunane oppmodast til å ta ei samordnande rolle i sine område. Dette vart gjort i samband med den auka løyvinga på 50 mill. kroner til breiband då Stortinget handsama St.prp. nr. 66 (2005-2006).

Medrekna tilleggsløyvinga er den samla løyvinga til Høykom i 2006 om lag 119 mill. kroner. For 2007 legg Regjeringa opp til ei total løyving på nær 122 mill. kroner, den største løyvinga til Høykom nokon sinne. Av desse midlane vil 100 mill. kroner øyremerkjast distriktsområde utan eksisterande breibandstilbod.

Elektroniske tenester frå det offentlege

Nye elektroniske tenester skal medverke til ein betre offentleg sektor. Utviklinga av ei døgnopen forvaltning med tilrettelagde elektroniske tenester frå det offentlege står sentralt i arbeidet med fornying av offentleg sektor. Tenestene skal utviklast på premissane til brukarane, og dei skal vere tilrettelagde for brukarar med ulike behov.

Det er kvar einskild kommune og den einskilde statlege etaten som har ansvaret for å tilby gode elektroniske tenester til sine brukarar. Men brukarane skal ikkje trenge å vite kva for offentleg verksemd som tilbyr den einskilde tenesta og leite seg fram på mange ulike offentlege nettstader med ulike passord og løysingar for pålogging. For å gjere tilgangen til offentlege tenester så enkel som mogleg for brukarane, vil arbeidet med næringslivsportalen Altinn og innbyggjarportalen MiSide bli vidareført. Det er ei målsetjing at Altinn og MiSide skal gi næringsliv og innbyggjarar samla tilgang til offentlege tenester og dialog med offentleg forvaltning. På Altinn vil næringslivet finne alle pålagde skjema, andre tenester og relevant informasjon om regelverk og offentlege ordningar. På MiSide vil den einskilde innbyggjar m.a. få utført offentlege tenester som å levere sjølvmeldinga og å skifte fastlege, samt få innsyn i informasjon om seg sjølv i offentlege registre.

Opne standardar og felles offentlege infrastrukturkomponentar

Ein stadig større del av informasjonsbehandlinga, kommunikasjonen og tenestetilbodet i samfunnet skjer elektronisk. Det vert stadig viktigare på ein effektiv måte å dele data og kommunisere internt i offentleg sektor, gjerne mellom fleire etatar og verksemder og på tvers av forvaltningsnivåa.

Ein avgjerande faktor for å få til dette, er auka bruk av opne standardar. Opne standardar vil gje:

  • meir lik tilgang til offentlege tjenester, uavhengig av kva teknologiplattform kvar einskild brukar har

  • mykje enklare og meir effektiv utveksling av data mellom offentlege institusjonar

  • reduksjon av leverandørbindingar, og dermed meir konkurranse og lågare prisar

  • større valfridom ved IT-kjøp

For å leggje til rette for denne stadig meir komplekse elektroniske samhandlinga mellom individ, applikasjonar og IT-system, vil departementet i 2007 styrkje arbeide med å etablere forvaltningsstandardarfor offentleg sektor baserte på opne standardar. Departementet har etablert eit standardiseringsråd for IT i det offentlege som hadde første møte i august 2006. Departementet vil få konkrete råd om kva som bør bli forvaltningsstandardar, og som det vil vere anten tilrådd eller obligatorisk å følgje for offentlege verksemder. Etter offentlege høyringar, vil forvaltningsstandardane bli publiserte i ein særskild referansekatalog.

Den auka elektroniske samhandlinga mellom innbyggjarar, næringslivet og offentlege verksemder vil i åra framover krevje at det offentlege vurderer fleire fellesløysingar slik at tenestetilbodet verkar samordna overfor brukarane. Fornyings- og administrasjonsdepartementet vil i samarbeid med andre departement vurdere å utvikle felles infrastrukturkomponentar som offentlege verksemder kan nytte i staden for at kvar verksemd utviklar sine eigne løysingar. Eksempel på moglege felleskomponentar kan vere felles tryggingsløysing (for elektronisk ID og signatur), skjemaløysing og arkivløysing. Desse felleskomponentane skal ha heile eller delar av offentleg sektor som målgruppe, og dei bør i størst mogleg grad byggje på opne standardar.

Elektronisk handel

Det offentlege handlar for om lag 260 milliardar kroner kvart år. Av dette går rundt 120 milliardar til produkt eller tenester som er relaterte til den daglege drifta, ein type innkjøp som er svært godt eigna for elektronisk handel (ehandel). Bruken av ehandel i det offentlege har likevel ikkje vorte så høg som venta. Den samla omsetnaden på det offentlege sin elektroniske marknadsplass, www.ehandel.no som vart teken i bruk i 2002, vil fyrst passere ein milliard kroner mot slutten av 2006. Dette er likevel ein auke på meir enn 40 pst. over dei siste 12 månadene. Så langt har kommunane vore mykje meir aktive enn statlege verksemder, men no kjem staten etter med fleire store brukarar som til dømes helseregionane. Ved å redusere arbeidet sitt med kjøp av varer og tenester med berre nokre få prosent, vil offentleg sektor kunne frigjere vesentlege ressursar som kan brukast både til fornying og til auka innsats for meir velferd. I tillegg vil offentlege innkjøparar ved å vere profesjonelle og krevjande kundar, styrkje konkurranseevna til norsk næringsliv.

1.4 Konkurransepolitikken

Konkurranse er eit viktig verkemiddel for å nå målet om effektiv ressursbruk, og riktig bruk av ressursane er ein viktig del av regjeringas fornyingspolitikk. Marknadsaktørane vert meir effektive, og verksemdene blir dermed meir konkurransedyktige på internasjonale marknader. Konkurranse gir forbrukarane tilbod om varer og tenester av god kvalitet til rimeleg pris.

Marknadsløysingar og konkurranse vil framleis vere hovudregelen i organiseringa av den norske blandingsøkonomien. I mange marknader treng ein ikkje å setje i verk særskilde tiltak, eller offentlege tiltak kan gjennomførast utan stor innverknad på konkurransen. Dette krev like fullt eit aktivt tilsyn med marknadene, slik at styresmaktene kan gripe inn når det er naudsynt. Konkurranselova og EØS-konkurranselova skal motverke framferd som søkjer å hindre marknadsmekanismane i å verke, slik som misbruk av marknadsmakt og konkurranseavgrensande avtalar mellom føretak.

Marknadsløysingar har mange gode eigenskapar. Desse gode eigenskapane må ein syte for ved ei streng konkurranselov og eit handlekraftig konkurransetilsyn. Det er samstundes viktig å minne om at marknaden ikkje sjølv løyser marknadssvikt i form av til dømes forureiningar, naturleg monopol som i kraftnettet og produksjon av kollektive gode som vegar. Marknaden åleine tek heller ikkje tilstrekkeleg omsyn til fordeling av velferd. Offentleg styring og kontroll er naudsynt for å handtere ulike former for marknadssvikt på ein god måte. Men dette må gjerast slik at konkurransen ikkje vert redusert meir enn naudsynt.

Konkurransen er ikkje i alle høve eit effektivt virkemiddel for å nå viktige samfunnsmål. Marknaden skal takast i bruk der den verkar og støttar opp om regjeringas satsing på fellesskapsløysingar. Innafor viktige område som til dømes helse, omsorg og utdanning skal ein byggje på fellesskapsløysingar og offentleg styring framfor marknad og konkurranse. Regjeringa ønskjer ikkje ei kommersialisering av desse områda. I desse sektorane er det difor trong for ei kartlegging for å setje tydelege skiljelinjer for kvar ein ikkje ønskjer marknader og konkurranse.

I tillegg til konkurranselova skal regelverket for offentlege innkjøp stimulere konkurransen. Regelverket er viktig for å sikre konkurranse om offentlege innkjøp for 260 milliardar kroner årleg. Dette gir meir att for dei offentlege midlane, noko som igjen gir ein betre offentleg sektor. Det er difor ei viktig oppgåve for regjeringa å syte for at dette regelverket vert følgt. Etterleving og handheving av reglane syter for å redusere problema knytte til kameraderi og korrupsjon, som er avdekte i media det siste året.

1.5 Fornyings- og administrasjonsdepartementet si rolle i arbeidet med fornying

Fornyings- og administrasjonsdepartementet leiar arbeidet med å utvikle ein heilskapleg fornyingspolitikk for regjeringa. Departementet er pådrivar og koordinator for fornyingsarbeidet, gir støtte til andre sektorar som driv omstilling og tek initiativ på eigne fagområde.

Fornyings- og administrasjonsdepartementet følgjer og støttar fornyingstiltak i andre departement. Pensjonsreforma, forvaltningsreforma og NAV er heilt sentrale fornyingsprosjekt. Døme på fornyingstiltak i ulike departement for 2007 finn ein i tabellen under. Fornyings- og administrasjonsdepartementets eigne fornyingsprosjekt er omtalte under dei respektive kapittel i del II.

Tiltak og ansvarleg departement1

Forklaring

Reduserte gebyr for tvangsforretningar (JD og FIN)

Reduksjon av gebyr ned mot kostnadsdekkjande nivå.

Tilkopling til Norsk Helsenett AS (HOD)

Tilskottsordning som skal stimulere kommunane til å knyte dei kommunale netta til helsenettet. Vil gjere det enkelt for ulike delar av helsesektoren å verke saman.

MiSide (FAD)

MiSide skal gi innbyggjarane personleg informasjon frå offentlege register. Dei skal kunne utføre og ta imot elektroniske tenester frå det offentlege.

Altinn (NHD)

Utvikling av elektronisk døgnopen forvalting. Næringslivet skal få ein inngangsportal for alle offentlege tenestar.

Iverksetjinga av NAV-reformen (AID)

Innan 2010 skal det etablerast nye NAV-kontor som dekkjer alle kommunar. Dette skal gi meir effektiv og brukartilpassa arbeids- og velferdsforvalting

Open standard og open kjeldekode (FAD)

Lik tilgang til offentlege tenester, uavhengig av kva teknologiplattform brukarar har. Enklare og meir effektiv utveksling av data mellom offentlege institusjonar.

Kartlegging og forenkling 2006-2009 (NHD)

Redusere administrative kostnadar næringslivet har ved å gjennomføre informasjonskrav i regelverket.

Fleire tiltak for universell utforming (MD)

Auke tilkomst for personar med nedsett funksjonsevne.

Effektivisering av konsesjonsbehandling i kraftforsyninga (OED)

I utvalte regionar vil handsaming av konsesjonssøknadar for vindkraftanlegg og overføringsledningar samordnast i tid. Vurdere mekanismar i ny plan- og bygningslov som hindrar unødige og forsenka planprosessar parallelt med konsesjonsbehandlinga.

StatRes (FAD)

Betre faktagrunnlag om ressursbruk, produksjon, kvalitet og resultat i staten.

Digitalisering av arkiva til NRK (KKD)

Betre moglegheiter for e-læring ved at eit stort kunnskapsmateriale vert tilgjengeleg.

1  Oversikt over fleire tiltak for fornying kan ein finne i kap. 6 i Nasjonalbudsjettet 2007.

1.6 Oppmodingsvedtak

I proposisjonens del III er følgjande oppmodingsvedtak omtala:

Vedtak nr. 247, 9. mars 2004:

«Stortinget ber Regjeringen legge til rette for å øke takten i bredbåndsutbyggingen slik at målet om bredbånd til alle husstander, bedrifter og offentlige institusjoner kan nås i løpet av 2007. Regjeringen bes kommentere status for framdrift i budsjettene.»

1.7 Utgifter fordelte på kapittel

 

(i 1 000 kr)

Kap.

Nemning

Rekneskap 2005

Saldert budsjett­ 2006

Forslag 2007

Pst. endr. 06/07

Det kongelege hus

1

H.M. Kongen og H.M. Dronninga

117 787

124 682

143 968

15,5

2

H.H.K. Kronprinsen og H.H.K. ­Kronprinsessa

15 372

16 606

18 529

11,6

Sum kategori 00.10

133 159

141 288

162 497

15,0

Sum programområde 00133 159141 288162 49715,0

Administrasjon mv.

1500

Fornyings- og administrasjons­departementet

225 690

244 315

263 954

8,0

1502

Tilskot til kompetanseutvikling

5 804

20 000

1503

Midlar til opplæring og utvikling av ­tillitsvalde

117 816

137 775

110 256

-20,0

1506

Noreg.no

12 117

27 162

35 344

30,1

1507

Datatilsynet

24 022

22 284

25 059

12,5

1508

Spesielle IT-tiltak

96 792

100 327

157 946

57,4

1509

Internasjonalt samarbeid og ­utviklingsprogram

3 893

7 500

10 500

40,0

Sum kategori 01.00486 134539 363623 05915,5

Fylkesmannsembeta

1510

Fylkesmannsembeta

1 299 034

1 047 920

1 089 484

4,0

Sum kategori 01.101 299 0341 047 9201 089 4844,0

Fellestenester

1520

Statskonsult

8 000

9 000

-100,0

1522

Servicesenteret for departementa

386 873

400 829

412 851

3,0

Sum kategori 01.20394 873409 829412 8510,7

Partistønad

1530

Tilskot til dei politiske partia

505 855

279 808

303 937

8,6

Sum kategori 01.30505 855279 808303 9378,6

Pensjonar m.m.

1541

Pensjonar av statskassa

16 237

15 800

20 900

32,3

1542

Tilskot til Statens Pensjonskasse

5 509 732

8 059 000

7 567 000

-6,1

1543

Arbeidsgivaravgift til folketrygda

276 000

849 000

829 000

-2,4

1544

Bustadlån for statstilsette

273 882

200 000

1 900 000

850,0

1546

Yrkesskadeforsikring

66 890

67 000

96 800

44,5

1547

Gruppelivsforsikring

71 998

76 000

78 700

3,6

2470

Statens Pensjonskasse

-24 869

-18 584

25 174

-235,5

Sum kategori 01.406 189 8709 248 21610 517 57413,7

Konkurransepolitikk

1550

Konkurransetilsynet

106 608

92 557

83 112

-10,2

Sum kategori 01.50106 60892 55783 112-10,2

Statsbygg

1580

Byggjeprosjekt utanfor husleigeordninga

742 164

1 127 448

1 500 236

33,1

1581

Eigedommar til kongelege føremål

83 858

84 754

84 765

0,0

1582

Utvikling av Fornebuområdet

55 182

89 500

57 500

-35,8

1583

Utvikling av Pilestredet Park

28 460

9 973

-100,0

2445

Statsbygg

1 505 011

1 001 787

1 248 804

24,7

Sum kategori 01.60

2 414 675

2 313 462

2 891 305

25,0

Sum programområde 01

11 397 049

13 931 155

15 921 322

14,3

Sum utgifter

11 530 208

14 072 443

16 083 819

14,3

Inntekter fordelte på kapittel

 

(i 1 000 kr)

Kap.

Nemning

Rekneskap 2005

Saldert budsjett­ 2006

Forslag 2007

Pst. endr. 06/07

Administrasjon mv.

4500

Fornyings- og administrasjonsdepartementet

3 860

4506

Noreg.no

832

21

21

0,0

4507

Datatilsynet

863

Sum kategori 01.005 55521210,0

Fylkesmannsembeta

4510

Fylkesmannsembeta

288 008

14 189

14 728

3,8

Sum kategori 01.10288 00814 18914 7283,8

Fellestenester

4522

Servicesenteret for departementa

89 099

117 595

129 994

10,5

Sum kategori 01.2089 099117 595129 99410,5

Pensjonar m.m.

4546

Yrkesskadeforsikring

172 460

153 000

165 000

7,8

4547

Gruppelivsforsikring

42 914

41 000

42 000

2,4

5470

Statens Pensjonskasse

16 000

16 000

40 898

155,6

5607

Renter av bustadlånsordninga for statstilsette

295 481

295 000

465 000

57,6

Sum kategori 01.40526 855505 000712 89841,2

Konkurransepolitikk

4550

Konkurransetilsynet

6 609

186

193

3,8

Sum kategori 01.506 6091861933,8

Statsbygg

4581

Eigedommar til kongelege føremål

470

116

120

3,4

4583

Sal av eigedom i Pilestredet Park

1 300

5445

Statsbygg

765 285

720 000

1 335 555

85,5

5446

Sal av eigedom, Fornebu

350 280

42 350

7 400

-82,5

Sum kategori 01.60

1 117 335

762 466

1 343 075

76,1

Sum programområde 01

2 033 461

1 399 457

2 200 909

57,3

Sum inntekter

2 033 461

1 399 457

2 200 909

57,3

Utgifter fordelte på postgrupper

 

(i 1 000 kr)

Post-gr.

Nemning

Rekneskap 2005

Saldert budsjett­ 2006

Forslag 2007

Pst. endr. 06/07

01-23

Driftsutgifter

7 954 917

10 860 520

10 459 738

-3,7

24-24

Driftsresultat

-399 752

-357 588

-371 448

3,9

30-49

Nybygg, anlegg mv

2 767 725

2 616 893

3 282 316

25,4

50-59

Overføringar til andre statsrekneskapar

190 851

197 355

270 344

37,0

70-79

Overføringar til private

742 585

555 263

542 869

-2,2

90-99

Utlån, avdrag mv.

273 882

200 000

1 900 000

850,0

Sum under departementet

11 530 208

14 072 443

16 083 819

14,3

Under Fornyings- og administrasjonsdepartementet blir stikkordet «kan overførast» foreslått knytta til desse postane utanom postgruppe 30-49

 

(i 1 000 kr)

Kap.

Post

Nemning

Overført til 2006

Forslag 2007

1500

21

Spesielle driftsutgifter

8 345

109 840

1502

70

Tilskot

2 625

20 000

1506

21

MiSide

13 000

1508

22

Samordning av IT-politikken

1 719

30 899

1508

50

Tilskot til høghastigheitskommunikasjon

199

121 647

1509

70

Tilskot

3 636

10 500

1550

22

Flyttekostnader

8 057

1582

21

Spesielle driftsutgifter

873

1 500