St.prp. nr. 1 (2006-2007)

FOR BUDSJETTÅRET 2007 — Utgiftskapittel: 1-2, 1500-1583, 2445 og 2470 Inntektskapittel: 4500-4581, 5445-5446, 5470 og 5607

Til innhaldsliste

Del 3
Orienteringar

3 Oppmodingsvedtak nr. 247

«Stortinget ber Regjeringen legge til rette for å øke takten i bredbåndsutbyggingen slik at målet om bredbånd til alle husstander, bedrifter og offentlige institusjoner kan nås i løpet av 2007. Regjeringen bes kommentere status for framdrift i budsjettene.»

Konsulentselskapet Nexia har på oppdrag frå Fornyings- og administrasjonsdepartementet oppdatert status og prognosar for breibandsutviklinga i Noreg per oktober 2006. Desse tala byggjer på tal frå konsulentselskapet Teleplan per juni 2006.

I perioden frå august 2004 til august 2006 har estimert breibandsdekning i privatmarknaden auka frå om lag 81 pst. til om lag 95 pst. Det er framleis høg aktivitet i norsk breibandsutbygging. Utbygginga er no konsentrert om mindre telesentralar i meir grisgrendte strok med høgare utbyggingskostnader. Låg folketettleik i desse områda fører til at auken i dekning på nasjonalt nivå er relativt beskjeden. Det vert også bygd ut nett med høg kapasitet slik som fiber i område der det allereie er tilbod frå andre leverandørar av breiband.

Figur 3.1 Estimert dekning blant hushalda fordelt på kommune
 per august 2004 og oktober 2006.

Figur 3.1 Estimert dekning blant hushalda fordelt på kommune per august 2004 og oktober 2006.

Kjelde: Teleplan/Nexia, oktober 2006

Utbygginga er relativt jamn over heile landet. 15 av 19 fylke har ei estimert breibandsdekning på over 90 pst. og 10 av desse har ei estimert dekning på 95 pst. eller meir. Dei resterande fire fylka har dekning på mellom 89 pst. og 90 pst.

Til no har DSL-basert breiband hatt klart høgst dekningsgrad blant aksessmetodar for breiband i Noreg. I juni 2006 dekte DSL åleine over 90 pst. av norske husstandar, medan andre aksessmetodar til saman dekte under halvparten av husstandane. Men i juni 2006 lanserte selskapet Nordisk Mobiltelefon (NMT) breibandstenester under merkenamnet ICE. Nettet er bygd med såkalla CDMA-teknologi i frekvensbandet rundt 450 Mhz som er kjenneteikna av lang rekkjevidd frå basestasjon. Overføringskapasiteten i dette nettet vil i praksis liggje på 300-600 kbit/s, men vil truleg auke noko i løpet av hausten 2006. Vanlege breibandstenester som epost og web-surfing vil kunne nyttast med akseptable resultat, men ein vil ikkje kunne rekne med same kvalitet på overføring av levande lyd og bilete som for andre aksessmetodar for breiband (gjennomsnittleg fart for norske breibandsabonnement er rundt 1500 kbit/s).

Som følgje av NMTs lansering har det blitt mogleg for fleire å knyte seg til breibandsnett, og per oktober 2006 er det estimert at noko under 96 pst. av norske husstandar kan kjøpe breiband dersom dei ønskjer det. Om ein ikkje tek med tilbodet frå NMT er talet noko lågare, rundt rekna 95 pst. per oktober 2006.

Sektorovergripande miljøvernpolitikk

Servicesenteret for departementa

Systemet for miljøstyring som verksemda innførte i 2005, vert kontinuerleg utvikla vidare. Føremålet er mellom anna å identifisere nye miljøtenester og moglege betringar. Ein ynskjer spesielt å ta initiativ overfor departementa for tiltak som gjeld straum og avfall, to av satsingane frå Grøn Stat-prosjektet. I tillegg vert det òg arbeidd med ulike alternativ i forhold til dei andre elementa frå dette prosjektet. Frå 01.01.2006 vart det sett i gang ei ny ordning for all renovasjon i regjeringskvartalet i tett samarbeid med Statsbygg. Avtalen reduserer utgiftene og gjer det enklare for tilsette å sortere avfall.

Statsbygg

I arbeidet med det ytre miljøet vil Statsbygg satse på å redusere energibruken i bygga, velje byggjemateriale med liten miljøpåverknad, og syte for at byggeprosjekta handterer avfall på ein miljøvennleg måte. Statsbygg har i 2005 sluttført arbeidet med eit miljøstyringssystem for organisasjonen. 2005 har også vore det første teståret når det gjeld miljømåla Statsbygg har sett for perioden 2005-2009.

Material- og produktval

For å avgrense miljøbelastning ved val av produkt og material har Statsbygg utforma standard kontraktar som krev at det ikkje skal nyttast farlege stoff som er oppført på styresmaktene si OBS-liste. Det skal rapporterast til Statsbygg dersom det er ønske om å nytte slike stoff. Statsbygg har innført forbod mot bruk av tropisk trevirke i bygg og på byggeplass for å redusere faren for bruk av trevirke frå regnskog.

Avfallshandtering

Det er utvikla eigne prosjekteringsreglar for handtering av riveoppdrag. Det er innført krav til kjeldesortering, avfallsmengder og kvartalsvise avfallsrekneskap i alle byggeprosjekta. Resultata for 2005 ligg godt an i høve til måla.

Energibehov og energibruk

Det er innført krav om energimål i alle nye byggeprosjekt. Gjennom halvårlege vurderingar i toppleiinga skal ein måle status for gjennomsnittlege energimål i alle prosjekta. Resultata for 2005 viser at Statsbygg ligg noko høgare enn målsettinga. Det er sett i verk korrigerande tiltak for å rette på dette. For eksisterande eigedomsmasse kan det søkast om midlar til enøk-tiltak. Resultata vert målt i eit eige energirekneskap. Energiforbruket var i 2004 ca. 210 kWh/m2. Energistatistikken for 2005 er ikkje ferdig enno, men resultata indikerer førebels ein liten auke i energiforbruket. Ei viktig årsak er auka driftstid på høgskulane, som er den største bygningskategorien til Statsbygg. Målet er framleis 7 pst. reduksjon i energiforbruket innan utgangen av 2009, og det vert sett i verk tiltak for å redusere forbruket.

I tillegg er det sett et mål om å miljøsertifisere organisasjonen etter krava i ISO 14001 i løpet av 2006. Styringssystemet for miljø er utforma med sikte på dette. ISO 14001 er den internasjonale standarden for miljøstyring i verksemder, og inneber godkjenning (sertifisering) utført av ein uavhengig tredjepart. Krava i standarden er særleg retta mot etablering av miljømålsetingar og eit leiingssystem for å nå desse måla.

I 2005 er det òg gjennomført omfattande kompetanseheving i organisasjonen rundt tema som inngår i miljømåla. FoU-innsatsen i 2005 er på omlag 12 mill. kroner, og halvparten av mid­lane er øyremerka prosjekt som kan føre til ei bærekraftig utvikling innan bygg-, anleggs- og eigedomsnæringa. Mellom anna har arbeidet med utvikling av web-basert verkty for miljøprogrammering i byar og tettstader, ”Miljøprogram.no”, stått sentralt. Verktyet gir grunnlag for å fastsetje miljømål og utforme miljøprogram, og gjer det lettare å arbeide med oppfølging av miljømål og dokumentasjon av måloppnåing.

Fornying, organisasjons- og strukturendring i statsforvaltninga

Statens forvaltningsteneste vart frå 1.1.2006 omdanna til Servicesenteret for departementa (DSS), og fekk eit utvida ansvar for fellestenester i departementsfellesskapet. Dei nye ansvarsområda gjeld tenester innan løn og rekneskap og IKT. Samling av desse tenestene, som vert gjennomført over ein treårsperiode, skal gi ein jamnare kvalitet og ei meir effektiv løysing av oppgåvene

Stortingets vedtak av 6. juni 2003 om flytting av statlege tilsyn inneber at Konkurransetilsynet skal vere på plass i Bergen med heile si verksemd til 1. januar 2007. Konkurransetilsynet sluttfører no flyttinga til Bergen. Alle organisasjonseiningar er flytta til Bergen per 1. september 2006. Flyttinga har vore vellykka og er gjennomført innanfor den fristen Stortinget vedtok.

Oppfølging av § 1a i likestillingslova

Nedanfor vert arbeidet med likestilling internt i departementet, likestilling i staten og likestilling under Fornyings- og administrasjonsdepartementets einskilde politikkområde omtalt.

Likestilling i Fornyings- og administrasjons­departementet

Rekruttering

Departementet oppretta i 2005 ei ny ekspedisjonssjefstilling. Stillinga gjekk til ein mann. Departementet hadde i tillegg 16 faste tilsetjingar. Av desse var 5 kvinner og 11 menn. 29,4 pst. av alle nytilsette i 2005 var kvinner.

Kjønn fordelt på ulike stillingskategoriar

Det er ei jamn fordeling mellom kjønn i departementet sett under eitt. Av 226 tilsette er 109 kvinner. Dette utgjer 48,2 pst.

Leiing

Den øvste administrative leiaren i departementet, departementsråden, er ei kvinne. Alle ekspedisjonssjefane er menn. Blant mellomleiarar med personalansvar er det 4 kvinner i avdelingsdirektørstillingar. Dette utgjer 23,5 pst. av denne stillingskategorien. Når ein reknar med underdirektørstillingar med personalansvar og arkivleiar, utgjer kvinnedelen på mellomleiarnivå 39,1 pst. Av alle leiarane i departementet er 31,3 pst. kvinner.

Saksbehandlarar

I saksbehandlargruppa er kjønnsfordelinga relativt jamn, men menn er overrepresenterte blant seniorrådgivarane med 59,6 pst. og noko underrepresenterte blant rådgivarane med 47,8 pst. og fyrstekonsulentane med 38,1 pst.

Sekretærar

Departementet har berre kvinner i sekretærstillingar.

Løn

Innanfor dei ulike stillingskategoriane er det ingen vesentlege lønsskilnader mellom kvinner og menn. I dei fleste stillingskategoriane utgjer lønsskilnaden mellom kvinner og menn i underkant av eitt lønssteg. Unnataket er seniorrådgivarstillingane der differansen er 1,6 lønssteg til beste for menn. Samla ligg gjennomsnittsløna for kvinner på lønssteg 52,1 og på lønssteg 60,1 for menn per desember 2005. Hovudforklåringa på ulikskapen er ei sterk overvekt av kvinner i dei lågare stillingskategoriane (sekretærar, fyrstesekretærar, seniorsekretærar og konsulentar) og ei overvekt av menn i avdelingsdirektør- og seniorrådgivarstillingar.

Forhandlingar etter Hovudtariffavtalen pkt. 2.3.4 i 2005

Departementet gjennomførte ikkje lokale lønsforhandlingar etter HTA pkt. 2.3.3 i 2005. Ved gjennomføring av 2.3.4 forhandlingar var det i 2005 ei jamn kjønnsfordeling ved at like mange kvinner og menn vart forhandla fram. Fordelinga av dei lønsstega som vart gitte i 2.3.4-forhandlingane er ikkje like jamn. Kvinner fekk 38,9 pst av lønsstega, og gjekk i snitt opp 3,4 lønssteg, mens menn i snitt fekk ein auke på 5,3 lønssteg. Omrekna i kroner gjekk 35,1 pst. av den totale summen for 2.3.4-forhandlingane til kvinner.

Overtid

Menn nytta overtid i større grad enn kvinner, både i høve til tal på timar overtid og tal på medarbeidarar som jobba overtid. 40,6 pst. av overtida er registrert på kvinner. 46,9 pst. av dei som jobba overtid i 2005 var kvinner.

Deltid

Per desember 2005 er 10 menn og 30 kvinner i deltidsstilling. Kvinnedelen blant deltidstilsette er 75 pst.

Bruk av kompetansehevande tiltak

Sentrale stipendmidlar for 2005 er fordelte på 8 kvinner og 1 mann.

Det er òg fleire kvinner enn menn som i 2005 har delteke på lengre kurs, hospitering og andre kompetansehevande tiltak.

Likestillingstiltak

Departementet søkjer å stimulere likestillingsarbeidet på viktige personalpolitiske område. I kunngjeringar av ledige leiarstillingar vert kvinner oppmoda til å søkje. Kvinnelege avdelingsdirektørar deltek i sjefsmøta i verksemda. Det vert lagt vekt på at kvinner får utviklingsoppgåver på lik linje med menn. Departementet tilbyr individuell coaching til kvinnelege avdelingsdirektørar. Ved samansetjing av interne grupper og prosjekt legg ein vekt på å få ei lik kjønnsfordeling. Departementet har lagt til rette for heimekontor/fjernaksess som gjer det mogleg å arbeide heimanfrå. Dette vert mellom anna gjort for å leggje til rette for og støtte arbeidssituasjonen for tilsette i spesielle livsfasar, t.d. i samanheng med omsorg for små barn. Likestillingstal for departementet vert kunngjorde på intranettet med jamne mellomrom.

Likestilling i staten

Likestilling mellom kvinner og menn i det statlege tariffområdet

Fornyings- og administrasjonsdepartementet er overordna arbeidsgivar og tariffpart i det statlege tariffområdet. Departementet har som overordna statleg arbeidsgivar eit særleg ansvar for å leggje til rette for at den statlege personalpolitikken fører til likestilling mellom kjønna. At arbeidslivet legg til rette for at alle får høve til å utfalde seg, er ein viktig føresetnad for likestilling mellom kvinner og menn.

Likestillingstiltaka innan det statlege området har dei siste åra særleg vore retta mot å fremje likeløn mellom kvinner og menn, og mot målet om 40 pst. representasjon av begge kjønn i leiande stillingar i staten.

Likeløn i staten

Når det gjeld løn og kjønn, syner tal frå Statens Sentrale Tenestemannsregister (SST) for perioden 01.10.2001 til 01.10.2005 at kvinner har hatt ein noko høgare vekst enn menn i gjennomsnittleg inntening i månaden. I same periode har kvinnene auka sin del av utførte årsverk frå 41,8 pst. til 44,7 pst. Årsaka til dette er for ein del å finne i strukturelle endringar i det statlege tariffområdet, og til dels i at prosentdelen av deltidsarbeidande kvinner i staten er redusert i same periode.

Tabell 3.1 Tal årsverk og gjennomsnittleg månadsforteneste pr årsverk 1.10.2001-1.10.2004

Tal årsverk

Gjennomsnittleg månadsfor­teneste per årsverk

01.10.2001

01.10.2005

01.10.2001

01.10.2005

Endring 2001-2005

Alle

123 891

117 446

24 983

29 431

17,8 %

Kvinner

51 818

52 491

23 209

27 771

19,4 %

Menn

72 073

64 955

26 259

30 821

17,4 %

Staten er den sektoren i norsk økonomi som har lågast forskjell i løn mellom kvinner og menn. Institutt for samfunnsforskning (ISF) har følgt lønsutviklinga i staten gjennom fleire år, og mellom anna særleg sett på lønsforskjellane mellom menn og kvinner. I den siste rapporten (januar 2006) vert det peika på følgjande funn:

I 2003 og 2004 hadde gjennomsnittskvinna 86,9 og 87,9 pst. av gjennomsnittsmannens timeløn. I 2002 var den relative timeløna 86,5 prosent. Brutto lønsgap mellom kvinner og menn er altså redusert noko i løpet av dei siste åra. Dette skyldast i hovudsak ein auke i det gjennomsnittlege talet på år med utdanning etter ungdomsskulen for statstilsette kvinner, og meir enn tilsvarande auke blant statstilsette menn. Statstilsette menn har enno noko lengre gjennomsnittleg utdanning enn statstilsette kvinner, men kvinnene tek innpå. Dette fører til eit redusert lønsgap mellom kvinner og menn.

I figur 3.2 er det illustrert mål på lønsforskjellane mellom kvinner og menn:

Figur 3.2 Tre mål på lønsforskjellar mellom
 kvinner og menn i staten. 1987-2004. Prosent lågare
 timeløn for kvinner.

Figur 3.2 Tre mål på lønsforskjellar mellom kvinner og menn i staten. 1987-2004. Prosent lågare timeløn for kvinner.

Brutto lønsforskjell viser statistisk forskjell mellom utbetalt løn for kvinner og menn utan kontroll for alder, utdanning, yrkeserfaring, ansiennitet og arbeidstid.

Netto lønsforskjell viser ulik løn mellom kvinner og menn når det er kontrollert for alder, utdanning, yrkeserfaring, ansiennitet og arbeidstid.

Innan stilling - viser netto lønsforskjell innan same type stillingar.

Kjelde: Institutt for samfunnsforskning/SST

Figur 3.2. presenterer tre ulike mål på lønsforskjellen mellom kvinner og menn i staten for perioden 1987-2005. Den øvste kurva viser bruttolønsgapet. Denne måler forskjellen i gjennomsnittsløn mellom kvinner og menn. I 1987 var gjennomsnittleg timeløn for kvinner 20,6 pst. lågare enn for menn. Denne lønsforskjellen er redusert til omtrent 11 pst. i 2005. Den neste kurva måler lønsforskjellane mellom menn og kvinner når vi òg kontrollerer for alder, utdanning, yrkeserfaring, ansiennitet, og arbeidstid. Denne kurva viser difor utvikling i ulik løn mellom kvinner og menn med elles lik utdanning, yrkeserfaring, ansiennitet og arbeidstid. Netto lønsforskjell mellom menn og kvinner er redusert frå 9,8 pst. i 1991 til 6,4 pst. i 2005. Den nedste kurva viser til slutt ulik løn mellom menn og kvinner i staten når vi også kontrollerer for stilling. Vi ser at det er mindre forskjellar i løn mellom kvinner og menn som har same stilling, og utviklinga har vore stabil i heile perioden 1987-2005.

I hovudtariffoppgjeret i staten for 2006 vart det inngått avtale mellom staten og hovudsamanslutningane om at i dei sentrale justeringsforhandlingane skulle kvinner ha ein større del av potten enn ei pro rata fordeling tilsa. Det vart òg når det gjeld dei lokale forhandlingane, lagt inn ei føring om at kvinner bør få ein større del av avsetninga til lokale forhandlingar enn pro rata fordeling taler for. Det bør i dei lokale forhandlingane leggjast særleg vekt på å vurdere forholdet mellom kvinners og menns innplassering i/og mellom stillingskodar ut i frå tilsvarande kvalifikasjonar, oppgåver og ansvar, for å sikre at lønsopprykk til fordel for kvinner ikkje kjem i strid med likestillingslova.

Fornyings- og administrasjonsdepartementet har også gjennom Hovudavtalen i staten, som er inngått med hovudsamanslutningane i staten, lagt stor vekt på at alle dei statlege verksemdene, gjennom sine tilpassingsavtalar, skal sjå til at det vert gitt reglar om likestilling mellom kjønna. Dette er særleg viktig når det gjeld kompetanseutviklingstiltak slik at kvinner vert tildelte kvalifiserande arbeidsoppgåver på linje med menn, og at arbeidsgrupper og prosjekt vert sette saman av begge kjønn. Vidare skal det i kvar verksemd finnast kjønnsnøytrale kriterium for lønsfastsetting. Det skal og på den einskilde arbeidsplass leggjast til rette for at kvinner og menn kan kombinere yrkesaktivitet med ulønt omsorgsarbeid. Vidare har dei statlege verksemdene eit særleg ansvar for å sjå til at det ikkje skjer diskriminering av gravide, eller kvinner og menn som har omsorgsoppgåver.

Kvinner til leiarstillingar

I det statlege tariffområdet har kvinnedelen samla sett vore nokså stabil frå 2001 til 2005, med ein auke frå 42 pst. i 2000 til 46 pst. i 2005, sjå tabell 1. Det totale talet kvinner har hatt ein svak auke, mens talet på menn er redusert. Kjønnsfordelinga i statleg sektor sett under eitt er tilfredsstillande og utviklinga er positiv frå eit likestillingsperspektiv. Det har difor ikkje vore naudsynt å gjere noko for å auke delen av kvinner i statleg forvaltning generelt. Einskilde statlege etatar kan likevel ha utfordringar i forhold til ei god fordeling mellom kjønna, og tiltak vil difor måtte skje på kvar einskild arbeidspass eller etat.

Tabell 3.2 Prosentdelen kvinner og menn i alle leiarstillingar og toppleiarstillingar i statleg sektor 2000-2005

Leiargrupper

Kjønn

1.1.00

1.1.01

1.1.02

1.1.04

1.1.05

Alle leiarar i staten

Kvinner

26

29

28

34

35

Menn

74

71

72

66

65

Toppleiarar

Kvinner

16

20

21

23

23

Menn

84

80

79

77

77

Ulike regjeringar har sett det som lite tilfredsstillande at kvinnedelen i leiande stillingar i statleg sektor har vore for låg. Det er sett eit måltal om at det skal vere 40 pst. representasjon av begge kjønn til leiarstillingar i statleg sektor innan 1. juli 2006. Sidan 2000 har prosentdelen kvinner i leiande stillingar i staten auka jamt. Ved utgangen av 2004 er 35 pst. av dei ca. 9 000 leiarane i staten kvinner. I toppleiarstillingane er kjønnsfordelinga dårlegare. Ved utgangen av 2004 er det berre 23 pst. kvinner av dei ca. 300 toppleiarane i staten som har leiarlønskontrakt, medan det er 77 pst. menn som har leiarlønskontrakt. Innsatsen dei siste åra har difor særleg vore retta mot å auke kvinnedelen i desse viktige stillingane.

Fornyings- og administrasjonsdepartementet har nytta ulike tiltak for å auke delen av kvinner i leiarstillingar. Mellom anna vart det i 1999 oppretta ein eigen database der kvinner som var interesserte i nye og større utfordringar kunne leggje inn CV-en sin. Basen har i dag 2 700 registrerte kvinner. Kvinnedatabasen er ei synleggjering av kvinners kompetanse; 63 pst. av dei kvinner som har registrert seg har styreerfaring og 80 pst. har leiar­erfaring. Fornyings- og administrasjonsdepartementet har òg gjennom Statskonsult sidan 1999 nytta eit mentorprogram for kvinnelege leiarar i staten. Til saman har no ca 130 kvinner gjennomført programmet. Undersøkingar av dei to første kulla syner at mentoring aukar deltakarane sin motivasjon for å søkje vidare leiarkarriere. Det er vidare etablert eit nettverk og møteplass for dei kvinnelege mellomleiarane i departementa.

Fornyings- og administrasjonsdepartementet har òg sett i gang eit coachingprosjekt for kvinnelege avdelingsdirektørar som tenkjer å søkje ein toppleiarjobb i staten innan eitt år. Tiltaket med coaching vart etablert etter at det i ei spørjeundersøking gjennomført av departementet, kom fram at om lag 40 pst. av kvinner i mellomleiarstillingar i staten ynskjer vidare leiarkarriere.

Likestilling i politikkområda under Fornyings- og administrasjonsdepartementet

Datatilsynet / personvernområdet

Fagområdet til Datatilsynet har innverknad på heile befolkninga, og det kan ikkje seiast å vere forskjell på kvinner og menn i høve til verdiar, normer, rettar, medverknad og representasjon o.a. Likevel vil nokre av områda som Datatilsynet arbeider med vere meir retta mot eitt av kjønna. Til dømes vil bruk av personopplysningar ved krisesentra og diskusjonen rundt etablering av eit abortregister i hovudsak gjelde kvinner, og eit DNA-register i hovudsak gjelde menn.

Fylkesmannsembeta

Fylkesmannen arbeider innanfor ei rekkje fagområde som har stor relevans for kommunane sitt arbeid og i høve til tenesteyting til borgarane, t.d. innanfor jordbruk, miljø, utdanning, helse og barne- og familieområdet. Fylkesmannen skal arbeide aktivt og målretta for å fremje likestilling og påverke kommunane til det same på alle politikkområde. Det vil òg i 2007 verte arbeidd med informasjonstiltak, i form av mellom anna kurs, for å betre innsatsen til Fylkesmannen etter kravet i likestillingslova om aktivitetsplikt.

Fylkesmannen skal stimulere til lokalt omstillings- og fornyingsarbeid og medverke til å skape ein kultur for omstilling i kommunane. Fylkesmennene sitt arbeid med omstilling og fornying må òg sjåast i samband med arbeidet knytt til rettleiing, samordning, skjønnstildeling og likestilling.

Det må gjerast ei særskild vurdering innanfor dei spesifikke fagområda for å sjå om det er trong for kjønnsspesifikke tiltak. Dette er delegert til Fylkesmennene.

Servicesenteret for departementa

Innanfor fagområdet til Servicesenteret for departementa (DSS) vil omtale av kjønnsperspektivet ikkje ha særleg relevans. Grunngivinga er at DSS tek hand om tenesteytande oppgåver innanfor den interne departementsforvaltninga. Ingen av desse oppgåvene har, slik departementet ser det no, formål eller innhald som gir grunnlag for særskilde likestillingspolitiske mål eller tiltak.

Statens pensjonskasse (SPK)

Det er fleire aspekt knytte til kjønnsnøytralitet innanfor pensjon og forsikring. I hovudtrekk går det på to element; kostnader for arbeidsgivar og storleiken på ytinga for mottakar. For at ei ordning skal kunne kallast kjønnsnøytral må:

  • dei løpande ytingane vere like for begge kjønn

  • arbeidsgivar betale lik premie uavhengig av kjønn.

Utfordringa ligg på risikoelementa. Kvinner lever lenger og har høgare risiko for å verte uføre. Dette fører til at krava til forsikringsmessig avsetning til alders- og uførepensjon er høgare for kvinner enn for menn. Når det gjeld etterlatnedekning er situasjonen motsett. Fordi kvinner lever lenger enn menn er kostnaden for etterlatnedekning for ein kvinneleg tilsett lågare enn for ein mannleg tilsett. Desse forholda blir fanga opp forsikringsmessig gjennom bransjetariffen. Ut frå reelle erfaringsbaserte forskjellar i risikoelementa mellom kvinner og menn er det ei motsetning mellom det å ha like løpande ytingar for begge kjønn og at arbeidsgivar skal betale lik premie uavhengig av kjønn. Skal premien vere lik må krava til dei forsikringsmessige avsetningar vere like. Kvinner vil i så fall få ei lågare løpande yting, men over fleire år enn menn. Skal den løpande ytinga vere lik blir premien forskjellig.

Bruttoordninga i SPK er kjønnsnøytral for medlemmene fordi den løpande pensjonen er lik for kvinner og menn. Det same gjeld for netto ytingsbaserte pensjonar i marknaden elles. Når det gjeld kostnaden for arbeidsgivar er den ikkje kjønnsnøytral. For dei av SPK sine kundar som har fiktive fond vil den einskilde kunden kunne påverke premien gjennom å endre kjønnsfordelinga blant dei tilsette. Tilsvarande vil det vere for netto ytingsordningar i marknaden elles. For dei av SPK sine kundar som er ein del av eit premiefellesskap vil ikkje kvar einskild kunde sjølv kunne påverke kostnaden for si verksemd direkte, men for fellesskapet. Kjønnsnøytraliteten ligg i synleggjeringa av tala og den einskilde kunden sitt høve til å påverke / diskriminere på grunnlag av kjønn. Dei reelle underliggjande forskjellar i levealder og uføreuttak er gjeldande og vert tekne omsyn til, men på eit aggregert nivå.

Nedanfor blir storleikar viste frå SPK sin statistikk for 2005 fordelte på kjønn.

Pensjonsart

Brutto utbetalt %

Mengda pensjonar

Mengda pensjonar %

Uførepensjon

 Menn

8,9%

17 433

8,1%

 Kvinner

13,1%

35 744

16,6%

Enkje/enkjemannspensjon

 Menn

0,7%

5 373

2,5%

 Kvinner

14,5%

40 091

18,6%

Annan pensjon

 Menn

41,9%

64 613

30,0%

 Kvinner

20,9%

52 112

24,2%

Sum

 Menn

51,5%

87 419

40,6%

 Kvinner

48,5%

127 947

59,4%

Totalt

100,0%

215 366

100,0%

* Annan pensjon består av alderspensjon, avtalefesta pensjon, spesiell førtidspensjon og barnepensjon.

Statsbygg

Statsbygg er ein viktig bidragsytar innan statleg tenesteproduksjon og forvaltning. Mellom anna gjennom rådgiving, byggherrearbeid, forvaltning av statleg eigedom, utviklingsprosjekt og arealplanlegging. I høve til desse oppgåvene er det ei sentral utfordring å jamleg tilpasse eigedomsmassen til behova til brukarane inkludert tilkomst for rørslehemma.

Ei særskild vurdering av kjønn vil ikkje vere naudsynt då særskilde omsyn vert tekne opp i vurderinga av trongen til brukarane.

Konkurransetilsynet

Konkurranselova gjeld næringslivet, og forvaltninga av lova skil ikkje mellom kjønna. Ein har ikkje vurdert nærare om Konkurransetilsynet, med eller utan medvit, legg vekt på saker frå marknader som har ulik deltaking frå dei ulike kjønna.

Omtale om tilsetjingsvilkåra til leiarar i heileigde statlege verksemder

Statskonsult as

Administrerende direktør mottok i 2005 løn på 1 085 000 kroner. Pensjonsutgiftene til Statens pensjonskasse utgjorde 138 000 kroner. Administrerende direktør har avtale om etterløn for ein priode på inntil 12 månader.