St.prp. nr. 1 (2006-2007)

FOR BUDSJETTÅRET 2007 — Utgiftskapittel: 1-2, 1500-1583, 2445 og 2470 Inntektskapittel: 4500-4581, 5445-5446, 5470 og 5607

Til innhaldsliste

Del 2
Budsjettforslag

Programområde 00 Konstitusjonelle institusjonar

Programkategori 00.10 Det kongelege hus

Utgifter under programkategori 00.10 fordelte på kapittel

 

(i 1 000 kr)

Kap.

Nemning

Rekneskap 2005

Saldert budsjett­ 2006

Forslag 2007

Pst. endr. 06/07

1

H.M. Kongen og H.M. Dronninga

117 787

124 682

143 968

15,5

2

H.H.K. Kronprinsen og H.H.K. ­Kronprinsessa

15 372

16 606

18 529

11,6

Sum kategori 00.10

133 159

141 288

162 497

15,0

Allmenn omtale

Fornyings- og administrasjonsdepartementet har ansvaret for løyvingane til kongehuset. Frå 2007 vert løyvinga under kap. 1 H.M. Kongen og H.M. Dronninga fordelt på Post 50 Det Kongelege Hoff og Post 51 Særskilde prosjekt ved Det Kongelege Hoff.

I tillegg til løyvingane under kap. 1 H.M. Kongen og H.M. Dronninga og kap. 2 H.H.K. Kronprinsen og H.H.K. Kronprinsessa, blir følgjande midlar nytta til kongelege føremål i 2007:

Fornyings- og administrasjonsdepartementet

Kap. 1581 Eigedommar til kongelege føremål

84 539 000

Utanriksdepartementet

Kap. 104 Kongefamilien sine offisielle reiser til utlandet

8 989 000

Forsvarsdepartementet

Div. kapittel (H.M. Kongens adjutantstab)

5 000 000

Kap. 1732 Sjøforsvaret (Kongeskipet og K/B Stjernen)

17 500 000

Justisdepartementet

Kap. 441 Oslo politidistrikt (eskorteteneste)

Oppgis ikke

Kap. 1 H.M. Kongen og H.M. Dronninga

 

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2005

Saldert budsjett­ 2006

Forslag 2007

01

Apanasje

7 454

7 752

7 900

50

Det Kongelege Hoff

110 333

116 930

112 068

51

Særskilde prosjekt ved Det Kongelege Hoff

24 000

Sum kap. 1

117 787

124 682

143 968

Post 01 Apanasje

Løyvinga vert nytta til personlege utgifter for H.M. Kongen og H.M. Dronninga, medrekna utgifter i samband med diverse offisielle oppgåver, og til drift og vedlikehald av eigne eigedommar.

Post 50 Det Kongelege Hoff

Løyvinga vert nytta til kongehuset sine utgifter til offisielle oppgåver, drift av organisasjonen, infrastruktur og mindre investeringar til vedlikehald. I samband med at hovudhuset på Bygdøy Kongsgard vert ferdig rehabilitert i 2007, og kan takast i bruk som sommarbustad, er løyvingsforslaget auka for å kunne løyse driftsoppgåvene.

Løyvinga skal òg dekkje utgifter til jamleg indre vedlikehald og utvikling av dei kongelege eigedommane Det Kgl. Slott, Bygdøy Kongsgard (hovudhuset m/sidebygning og park) og Oscarshall slott.

Post 51 Særskilde prosjekt ved Det Kongelege Hoff

I løyvinga er det lagt inn 5 mill. kroner til interiørprosjektet ved hovudhuset, Bygdøy Kongsgard, som vert avslutta i 2007. Prosjektet har ei ramme på 15 mill. kroner, og det er løyvd 10 mill. kroner i 2006. Vidare dekkjer 4 mill. kroner av løyvinga fysiske tryggingstiltak i bygg som blir nytta som bustad av dei kongelege. Forslaget til løyving inneheld òg 15 mill. kroner til oppstart av interiørprosjektet ved Oscarshall slott, som Det Kongelege Hoff har ansvaret for. Prosjektet gjeld innvendig rehabilitering av bygget, inkludert sikring og restaurering av kunst, møblar og anna inventar. Prosjektet har ei ramme på 45 mill. kroner. Oscarshall slott er stengt pga. den byggtekniske tilstanden. Det er trong for både utvendig og innvendig rehabilitering. På grunn av anlegget sin antikvariske og kulturhistoriske verdi blir prosjektet utført i nært samarbeid med antikvariske styresmakter. Rehabiliteringa tek sikte på å vere klar i 2009, slik at lystslottet igjen kan opnast for publikum. Statsbygg har ansvaret for utvendig rehabilitering og teknisk infrastruktur, sjå omtale under kap. 1581 post 45.

Kap. 2 H.H.K. Kronprinsen og H.H.K. Kronprinsessa

 

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2005

Saldert budsjett­ 2006

Forslag 2007

01

Apanasje

5 005

5 205

5 900

50

H.H.K. Kronprinsen og H.H.K. Kronprinsessa sin stab mv.

10 367

11 401

12 629

Sum kap. 2

15 372

16 606

18 529

Post 01 Apanasje

Løyvinga skal dekkje kronprinsparet sine personlege utgifter samt midlar til løpande drift og vedlikehald av dei private eigedommane.

Post 50 H.H.K. Kronprinsen og H.H.K. Kronprinsessa sin stab mv.

Løyvinga skal dekkje utgifter til kronprinsparet sin stab på Det Kgl. Slott og betening på Skaugum, samt utgifter i samband med kronprinsparet sine offisielle oppgåver. På grunn av auka representasjon, og meir bruk av Skaugum til offisielle føremål, er løyvinga auka for å styrkje bemanninga i staben. I løyvinga er det òg lagt inn meir midlar til forvaltning, drift og vedlikehald av Skaugum.

Programområde 00 Fellesadministrasjon

Programkategori 01.00 Administrasjon mv.

Utgifter under programkategori 01.00 fordelte på kapittel

 

(i 1 000 kr)

Kap.

Nemning

Rekneskap 2005

Saldert budsjett­ 2006

Forslag 2007

Pst. endr. 06/07

1500

Fornyings- og administrasjonsdepartementet

225 690

244 315

263 954

8,0

1502

Tilskot til kompetanseutvikling

5 804

20 000

1503

Midlar til opplæring og utvikling av tillitsvalde

117 816

137 775

110 256

-20,0

1506

Noreg.no

12 117

27 162

35 344

30,1

1507

Datatilsynet

24 022

22 284

25 059

12,5

1508

Spesielle IT-tiltak

96 792

100 327

157 946

57,4

1509

Internasjonalt samarbeid og utviklingsprogram

3 893

7 500

10 500

40,0

Sum kategori 01.00

486 134

539 363

623 059

15,5

Inntekter under programkategori 01.00 fordelte på kapittel

 

(i 1 000 kr)

Kap.

Nemning

Rekneskap 2005

Saldert budsjett­ 2006

Forslag 2007

Pst. endr. 06/07

4500

Fornyings- og administrasjonsdepartementet

3 860

4506

Noreg.no

832

21

21

0,0

4507

Datatilsynet

863

Sum kategori 01.00

5 555

21

21

0,0

Kap. 1500 Fornyings- og administrasjonsdepartementet

 

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2005

Saldert budsjett­ 2006

Forslag 2007

01

Driftsutgifter

150 485

142 657

154 114

21

Spesielle driftsutgifter , kan overførast

75 205

101 658

109 840

Sum kap. 1500

225 690

244 315

263 954

Betre kunnskap om omstilling og styringsforhold

I fleire tiår har fokuset i omstillingsarbeidet i offentleg sektor har vore retta mot oppsplitting, utskiljing, konkurranseutsetjing og selskapsdanning. Departementet vil no rette meir merksemd mot dei fragmenterande effektane av desse reformene. Regjeringa si forvaltningspolitiske plattform skal vere tufta på kunnskap om korleis ulike organisasjons- og styringsformer verkar, kunnskap om korleis endringane innanfor offentleg sektor dei siste åra har verka på sentrale politiske mål og dei erfaringane andre land har gjort seg i sitt fornyingsarbeid. Fornyingsarbeidet skal òg byggje på ei brei deltaking frå relevante fagmiljø, brukarar og dei tilsette sine organisasjonar. Slik deltaking skal sikre at viktige omsyn kjem fram i prosessen.

Med dei til dels omfattande omstillingane som har skjedd innafor staten dei seinare åra, er det no trong for meir systematisk å hente inn kunnskap om kva for føresetnader som må vere på plass for at omstillingar og innføring av ny teknologi skal gi dei venta effektiviseringsgevinstane. Departementet vil evaluere nokre utvalde omstillingar for å betre kunne gi råd i samband med omstillingar og innføring av ny teknologi i statsforvaltninga. Departementet arbeider òg med å utvikle ein metodikk for betre å kunne vurdere kostnadene ved omstillingar.

Fornyings- og administrasjonsdepartementet vil, i nært samarbeid med dei departementa det gjeld, gå gjennom ulike sider ved tilhøvet mellom departement og underliggjande verksemder. Gjennomgangen skal danne grunnlag for å finne fram til moglege generelle tiltak og verkemiddel som kan betre den politiske styringa og sikre betre samordning og varetaking av heilskapssynet innafor dagens varierte struktur. Departementet vil mellom anna sjå nærare på organiseringa av klagesakshandsaminga i statsforvaltninga.

Forvaltningsdatabasen er eit register over alle einingar i departementa og alle statlege verksemder som er eller har vore direkte knytte til departementa i åra 1947-2006. Databasen vert nytta til forsking om statsforvaltningas oppbygging og verkemåte, og er viktig for å utvikle ein kunnskapsbasert forvaltningspolitikk i staten. Departementet legg vekt på formidling av kunnskap om utviklinga i forvaltninga og om organisering, styring og leiing i staten, blant anna gjennom ulike rettleiarar og den årlege utgjevinga av Forvaltningsutsyn.

Styring og leiing for å fremje kvalitet

I styringa og leiinga av underliggjande statlege verksemder må ein leggje vekt på omsyn til fagleg kvalitet, at innbyggjarane skal vere tilfredse med tenestene, eit arbeidsmiljø som fremjar god helse og ei kontinuerleg oppbygging av kompetansen i verksemda, samstundes som ein har god kostnadskontroll. Ein gjennomgang av ulike modellar for styring og leiing i statlege verksemder, som Statskonsult AS har gjort på oppdrag frå FAD, syner at leiarar arbeider med fleire av desse kvalitetselementa, men at dei sjeldan blir sette i samanheng. I samarbeid med andre departement vil FAD søkje å utvikle kvalitetsmål som tek slike omsyn, og som, på tvers av sektorane, kan nyttast i mål- og resultatstyringa av verksemdene.

Prosjektet «Betre statleg styring» skal byggje opp, systematisere og spreie kunnskap om styringsverkemiddel. Her blir det lagt vekt på korleis rammevilkåra og insentivstrukturen for verksemdene kan gjere at ein meir effektivt når måla som er sette for verksemdene. Dette arbeidet vil bli ført vidare i 2007.

Eit inkluderande arbeidsliv

Avtalen om eit meir inkluderande arbeidsliv frå oktober 2001 til desember 2005 er vidareført for perioden fram til desember 2009. Den nye avtalen set meir konkrete mål for arbeidet både nasjonalt og på verksemdsnivå.

Verksemdene i det statlege tariffområdet skal vere ein del av eit meir inkluderande arbeidsliv prega av mangfald. Departementet vil samarbeide med hovudsamanslutningane i staten om oppfølginga av avtalen om eit meir inkluderande arbeidsliv. Ein viktig del av arbeidet er å rekruttere og integrere personar med nedsett funksjonsevne og å auke den reelle pensjoneringsalderen. Eit viktig mål er òg auka etnisk mangfald mellom dei statleg tilsette. Eit arbeidsliv som legg vekt på å vere inkluderande og målet om større mangfald skal vere ein sjølvsagt og naturleg del av statleg personal- og rekrutteringspolitikk. Mellom anna er det sett i verk tiltak for å få statlege arbeidsgivarar til å auke rekrutteringa av tilsette med innvandrarbakgrunn og integrere dei betre. I tariffperioden 2006-2008 er det sett av kompetansemidlar som statlege verksemder m.a. skal nytte til å styrkje si rekruttering og integrering av personar med innvandrarbakgrunn, jf. kap. 1502. Planen med mål om at 5 pst. av dei nytilsette i statleg sektor skal vere personar med nedsett funksjonsevne vert evaluert, og det vert utvikla tiltak for å hindre at eldre arbeidstakarar blir utstøytte.

FAD vil gjennomføre eit trainee-program for personar med nedsett funksjonsevne og som har høgre utdanning. Kvart departement skal ha ansvaret for ein deltakar i programmet.

Større mobilitet

Departementet legg vekt på leiing som eit viktig virkemiddel i fornyingsarbeidet, og det er viktig å auke mobiliteten blant leiarar. Ordninga med mobilitet har mellom anna vore ei hjelp for kvinner som har potensial til å bli leiarar. I 2006 vil eit prosjekt som har vurdert ulike hospiteringsformer, bli avslutta og oppsummert. Samstundes vurderer departementet om det bør vere sterkare krav til tverrsektoriell erfaring, gjerne òg internasjonal erfaring ved rekruttering til toppleiarstillingane i staten.

Forsøk med redusert arbeidstid

I Soria Moria-erklæringa står at «Regjeringen vil bidra til forsøk med 6-timersdag/arbeidstidsreformer i samarbeid med partene i arbeidslivet». Eldre arbeidstakarar er ei gruppe der arbeidstida kan vere utslagsgivande for kor mykje dei arbeider, og departementet har komme til at dette er ei interessant gruppe for forsøk. Forsøket går ut på å undersøkje om tilpassa arbeidstid kan medverke til at eldre arbeidstakarar ventar med å gå av med pensjon.

Det er gjort lite forsking om samanhengen mellom redusert arbeidstid og sjukefråvær, pensjoneringstidspunkt, deltidsarbeid, offentlege finansar osv. Det er naudsynt å skaffe fram betre kunnskap om verknadene av arbeidstidsreformer, mellom anna 6-timarsdag. Regjeringa vil difor gjennomføre eit prosjekt om arbeidstid fram mot 2009. Prosjektet vil omfatte forsøksverksemd om arbeidstidsreformer i samarbeid med partane i arbeidslivet, samt forsking for å sjå korleis redusert arbeidstid verkar.

Hovudmålet med forsøka og forskinga vil vere å hjelpe til med å nå målet om å auke den effektive arbeidsstyrken.

Regjeringa gjer no framlegg om å løyve 20 mill. kroner for 2007 på kap. 1500 post 21 til å gjennomføre analysar av og forsøk med arbeidstid. Departementet skal mellom anna få utført ein makroøkonomisk analyse av konsekvensane av redusert normalarbeidstid, tinge forsking basert på registerdata og undersøkje folks ønske om arbeidstid. Det er òg naudsynt å vise verknadene av forsøk og gje andre bidrag til forsøk i andre sektorar.

Nokre kommunar og private verksemder gjennomfører forsøk med ulik arbeidstid, til dømes meir føremålstenlege skiftordningar, utvida driftstid og redusert arbeidstid for å førebyggje sjukefråvær eller tidleg pensjonering. I 2006 har departementet henta inn innspel frå fem forskingsinstitusjonar om korleis forsøk bør leggjast opp for å sikre at dei gir sikker kunnskap. Vidare er det utarbeidd ei oversikt over europeisk forsking om redusert arbeidstid og ei historisk oversikt over arbeidstid i Noreg 1880-2005.

Forsøk med redusert arbeidstid kan vere krevjande å gjennomføre, både metodisk, praktisk og i forhold til avtaleverket. Det er difor teke utgangspunkt i at forsøka med kortare arbeidsdag for eldre arbeidstakarar skjer i statlege verksemder. Forsøk skal innrettast slik at tenesta som vert utført, ikkje vert svekt, dvs. verksemda får kompensasjon slik at tapte arbeidstimar kan dekkjast opp med fleire tilsette.

Forsøket skjer i 2007-2008, medan resultata vil liggje føre i 2009.

Over halvparten av eldre sysselsette kunne tenkje seg å gå av med pensjon før dei fyller 67 år, jamfør «Avgang fra arbeidslivet», tilleggsundersøkelse til Arbeidskraftundersøkelsen, Statistisk sentralbyrå, 1. kvartal 2006. Fleirtalet vil gå av ved fylte 62 år. Det viser seg at eldre med høg utdanning arbeider lengst, og mange er òg aktive på arbeidsmarknaden med jobbyte, kursdeltaking med meir. Forskjellen mellom kvinner og menn når det gjeld yrkesdeltaking, har samla sett vorte mykje mindre dei siste tiåra for alle aldersgrupper, og reduksjonen har vore størst blant dei eldste (60 år og over).

Nye årskull med kvinner over 55 år har både høgre utdanning og høgre yrkesdeltaking enn tidlegare. Eldre personar med høg utdanning er gjennomgåande meir yrkesaktive enn personar med låg utdanning, særleg i åra før pensjonsalder. Etterkrigskulla nærmar seg no ein alder der prosentdelen sysselsette fell kraftig. Sidan årskulla også er store, inneber dette at eit stort tal sysselsette kan forsvinne ut av arbeidsmarknaden kvart år framover. Til dømes bestod befolkninga i 2004 av 38 000 62-åringar, medan det i 2009 vil vere om lag 62 000 62-åringar.

Det er trong for meir kunnskap om kva arbeidstida har å seie for pensjoneringsalderen. I Statistisk sentralbyrås spørjeundersøking vart sysselsette som planlegg å pensjonere seg før dei fylde 67 år spurde om kva faktorar som kunne påverke dei til å vere lenger i jobb. Kortare eller meir fleksibel arbeidstid var viktigast, saman med å vere ønskt på jobben. Endra arbeidsoppgåver eller fysisk tilrettelegging var mindre viktig. Spørsmålet vart òg stilt til personar som allereie har gått av med pensjon, og desse gav den same rangeringa, med kortare eller meir fleksibel arbeidstid som viktigast. Om lag halvparten i begge grupper meinte at ingen av dei forholda som er omtalte i svaralternativa ville ha nokon innverknad på pensjoneringstidspunktet.

Både dei langsiktige utfordringane i norsk økonomi og arbeidet med seniorpolitikken tilseier at det vil vere interessant å gjennomføre eit forsøk i staten der det vert undersøkt korleis redusert arbeidstid påverkar pensjoneringstidspunktet. Gjennomført på ein god måte vil forsøket gi viktig kunnskap om arbeidstid og pensjoneringsåtferd i staten, ein sektor med mange seniorar. Staten er forskjellig frå mange andre sektorar med omsyn til yrke, utdanningsnivå, arbeidsvilkår med meir. Resultat frå forsøka kan dermed ikkje ukritisk overførast til andre typar tilsette og verksemder. Men eit godt gjennomført forsøk i staten bør kunne vere grunnlag for viktige refleksjonar også om moglege tiltak i forhold til seniorar for andre einskilde sektorar eller for heile arbeidsmarknaden.

Departementet vil konkretisere forsøket i nært samarbeid med organisasjonane til dei tilsette og relevante departement.

Offentleg elektronisk postjournal - OEP.

Det skal utviklast ei ny teneste på Internett som skal gi ålmenta tilgang til offentleg elektronisk postjournal. Denne tenesta skal komme i staden for den gamle ordninga som skriv seg frå 1993, og som har vore avgrensa til eit utval medieredaksjonar. 

Målet med denne tenesta er å medverke til eit ope og demokratisk samfunn ved at det for alle, og ikkje berre for eit avgrensa utval, vert lett å finne opplysningar om dokument i forvaltninga. Samstundes skal ein syte for at personvernet òg vert ivareteke. Alle departementa og Statsministerens kontor vil vere med i den nye tenesta frå starten. Det er òg eit mål at denne tenesta med elektroniske postjournalar seinare skal kunne omfatte store delar av offentleg sektor.

Ein tek sikte på at ny allmenn teneste for publisering av offentleg elektronisk postjournal (OEP) vil bli sett i gang etter at forskriftene til den nye offentleglova er på plass. Planen er at dette skal skje innan 01.01.2008.

Styrkja tillit til statsforvaltninga

I 2005 sette departementet i verk retningslinjer for karantene ved overgang frå politisk stilling til stilling i departementa. Departementet har vidare sett i verk retningslinjer for karantene og saksforbod for embets- og tenestemenn ved overgang til ny stilling utanfor staten. Stortinget gav våren 2005 tilslutning til at det òg skal innførast reglar om karantene for politiske stillingar ved overgang til anna stilling utanfor staten. Det vart i oktober 2005 oppretta eit permanent, uavhengig utval som har teke avgjerd i dei einskilde sakene om karantene og saksforbod knytt til overgang frå politiske stillingar.

Ved handsaming av St.prp. nr. 52 (2004-2005) om pensjonar frå statskassa, jf. Innst.S. nr. 215 (2004-2005) gav Stortinget samtykke i at arbeidstakarar i staten som vert pålagde karantene ved overgang til stilling utanfor statstenesta, kan få pensjon frå statskassa for karantenetida i fall det trengst. Departementet tek sikte på å leggje fram forslag om endringar i lov om Statens Pensjonskasse, slik at ein for framtida vil kunne godskrive karantenetida med heimel i lov.

Betre dokumentasjon av statleg ressursbruk og resultat

I 2006 vart det sett i verk ein gjennomgang av eksisterande konsekvensanalysar innafor ulike sektorar. Gjennomgangen synte at det er store manglar når det gjeld vår kunnskap om samanheng mellom ressursbruk og resultat. Departementet følgjer dette opp mellom anna gjennom arbeidet med StatRes.

StatRes skal gi alle betre informasjon om statleg ressursbruk og kva den skapar, gjennom å utvikle og formidle kunnskap om ressursbruk, produksjon og resultat. Via Internett skal innbyggjarar, offentleg tilsette, forskarar og andre - kunne følgje med i korleis staten sine pengar vert brukte, og dei skal kunne følgje utviklinga i indikatorar knytte til statlege sektorar og verksemder.

Statistisk sentralbyrå utviklar StatRes på oppdrag frå Fornyings- og administrasjonsdepartementet og i nært samarbeid med involverte fagdepartement og etatar. Det skal lagast ei brukarvenleg løysing med relevante, etterrettelege og oppdaterte data. Prosjektet held seg i stor grad til internasjonale standardar, noko som legg til rette for framtidige samanlikningar med andre land i dei høve det gir meining. Systemet er planlagt lansert i 2007 og vil då dekkje ei avgrensa mengd pilotområde, mellom anna høgare utdanning. I løpet av 2007 vil det òg liggje føre ein plan for vidare utvikling av systemet og inkludering av andre delar av statleg sektor.

Eit betre grunnlag for avgjerder

Utgreiingsinstruksen stiller krav til utgreiing av ulike verknader, mellom anna nytte og kostnader, før offentlege tiltak vert vedtekne. Instruksen set òg krav til korleis utgreiingane skal skje. Fornyings- og administrasjonsdepartementet har ansvaret for instruksen og for å rettleie og gi råd til sentralforvaltninga. I 2007 vil departementet særleg arbeide med korleis konsekvensane av å inngå internasjonale avtalar og konvensjonar kan komme betre fram, jf. Innst.S. nr. 252 (2004-2005) til St.meld. nr. 17 (2004-2005) Makt og demokrati.

Departementa sitt fagpanel for økonomiske konsekvensanalysar støttar og gir råd til departementa i arbeidet med økonomiske konsekvensanalysar. Målet er å gi støtte som betrar kvaliteten på grunnlaget for avgjerdene i departementa og som samstundes aukar kompetansen. Fagpanelet vart oppretta i 2005 som ei toårig prøveordning og vert nytta på fleire vis:

  • Rettleiing i planlegginga av konsekvensanalysar.

  • Gjennomføre konkrete analysar i fasar av utgreiingsarbeidet om det ikkje er mogleg å bruke annan intern eller ekstern kompetanse.

  • Støtte med å utforme tinging til eksterne konsulentar.

  • Kvalitetssikre analysar som er utførte eller er under arbeid.

Fagpanelet er sett saman av personar frå Finansdepartementet, Kommunal- og regionaldepartementet, Nærings- og handelsdepartementet og Justisdepartementet og vert leidd av eit sekretariat i Fornyings- og administrasjonsdepartementet.

Krav til brukarundersøkingar

I samanheng med oppfølging av Soria Moria-erklæringa og arbeidet med ein ny plan for fornying av offentleg sektor vil regjeringa følgje opp kravet om at alle statlege etatar skal gjennomføre systematiske brukarundersøkingar og at resultata som hovudregel skal offentleggjerast. Dette vil gi meir openheit om offentlege tenester, og samstundes verte ein del av grunnlaget for kontinuerleg fornyingsarbeid i etatane.

Fornyings- og administrasjonsdepartementet har vidare teke initiativ til gjennomføring av ei større nasjonal undersøking om kor tilfredse innbyggjarane er med offentlege tenester.

Forenkla offentleg innkrevjing

Hausten 2005 vart det sett ned eit offentleg utval med mandat til å vurdere heilskapen i offentleg innkrevjing av midlar, samt fremje tiltak og utbetringar. Utvalet skal lever si utgreiing i 2006. Departementet vil i 2007 fylgje opp utgreiinga til utvalet.

Forenkle lov- og regelverk

Regjeringa legg vekt på maktspreiing og desentralisering. Større lokalt handlingsrom, blant anna på det administrative området, vil medverke til betre brukartilpassing av tenestene og sikre god ressursutnytting. Departementet går difor kritisk gjennom dei sentrale administrative føresegnene for å forenkle og fjerne unødige sentrale reguleringar. I 2005 og 2006 blei det gjennomført delegering og forenkling av 27 personaladministrative føresegner fastsette av Fornyings- og administrasjonsdepartementet. Departementet vil halde fram med gjennomgangen av personaladministrativt regelverk og sentrale avtalar i 2007.

I samarbeid med hovudsamanslutningane i staten vil departementet sjå nærmare på trongen for endringar i Lov om statens tenestemenn (tenestemannslova). Dette arbeidet vil starte opp i løpet av 2006.

Det eksisterer i dag eit omfattande regelverk for informasjonstryggleik, fordelt på 21 lovar og 19 forskrifter. Koordineringsutvalet for informasjonstryggleik (leidd av Fornyings- og administrasjonsdepartementet) består av representantar for dei ulike regelverksforvaltarane. Sommaren 2005 sette utvalet i gang eit forprosjekt for å gjennomgå regelverket. På bakgrunn av kartlegginga vil koordineringsutvalet utarbeide forslag til forenkling, samordning og enklare handheving av regelverket.

Tiltak for sikring av regjeringsbygningar og områda rundt

Fornyings- og administrasjonsdepartementet har i eigenskap av objekteigar og overordna departement for Servicesenteret for departementa (DSS) og Statsbygg eit hovudansvar for forhold som gjeld tryggleik i regjeringskvartalet. Departementet vil gjennom eit etablert prosjekt, sett saman av representantar frå departementet, DSS og Statsbygg, implementere tilrådde sikringstiltak i regjeringskvartalet og tilhøyrande bygningar når det gjeld teknisk og fysisk sikring. Prosjektet vert vidareført i 2007.

Departementet er òg rådgivande instans når det gjeld tryggingsspørsmål knytte til departementas eigne interne tryggingsrutinar og ansvarsområde innanfor det som direkte følgjer av Statsbyggs og DSS sitt kompetanseområde og oppgåver.

Statens kulturhistoriske eigedommar

Prosjektet Statens kulturhistoriske eigedommar (SKE) starta opp ved årsskiftet 2003/2004. Fornyings- og administrasjonsdepartementet leier prosjektet som har ei referansegruppe sett saman av representantar frå Miljøverndepartementet, Kunnskapsdepartementet, Kultur- og kyrkjedepartementet, Forsvarsdepartementet, Riksantikvaren, ABM-utvikling og Statsbygg. Føremålet med prosjektet er å utføre ei systematisk vurdering av dei kulturhistoriske verdiane som staten sin eigedomsmasse representerer. Dette vert gjort ved at kvart einskilt departement lagar ein landsverneplan for sin sektor. Ein landsverneplan er ei samla oversikt over ei utvald gruppe kulturminne og kulturmiljø innanfor ein statleg sektor, vurdert i nasjonal samanheng med sikte på at dei skal vernast.

Fleire statlege selskap og føretak samarbeider òg med prosjektet om utarbeiding av landsverneplanar. Helseføretaka har mellom anna sett i gang eit omfattande arbeid med å kartleggje bygningsmassen sin. Denne representerer meir enn det dobbelte av den bygningsmassen som Statsbygg forvaltar. Samla sett er nær 10 mill. kvm bygningsmasse eigd av staten, statlege selskap og føretak til vurdering i prosjektet.

Det store omfanget prosjektet har fått, kombinert med sein oppstart av landsverneplanarbeidet i fleire sektorar, inneber at departementet vil vidareføre prosjektsekretariatet i 2007 og 2008. Sekretariatet yter støtte til departement og statlege verksemder i arbeidet deira med landsverneplanane. Sekretariatet driftar dessutan det eigedomsregisteret som er etablert på Internett. Registeret inneheld bilete og informasjon om alle eigedommane i dei ulike sektorane. Registeret er utforma slik at sider herfrå kan nyttast direkte som sider i ein landsverneplan. Dette vil effektivisere arbeidet vesentleg.

Det er i 2006 utarbeidd ein strategi for forvaltning av staten sine kulturhistoriske eigedommar. Denne omfattar overordna føresegner som er fastsette i form av kongeleg resolusjon, samt ein rettleiar til bruk for departement og statlege verksemder i forvaltninga og deira bruk av staten sine kulturhistoriske eigedommar.

Rapport for prosjektet for 2005 er tidlegare sendt Stortinget, jf. også prosjektet si heimeside www.statenskulturhistoriskeeiendommer.no.

Forsking og utvikling

IKT-sårbarheit og -tryggleik

For å styrkje den norske forskingskompetansen innan IT-tryggleik vart det i 2003 etablert eit femårig strategisk forskingsprogram for IKT-sårbarheit og -tryggleik (IKT SoS) under leiing av Noregs forskingsråd. IKT SoS har som målsetjing å føre fram og gjere tilgjengeleg ny kunnskap som kan medverke til å auke tryggleiken og redusere sårbarheita ved bruk av dagens og morgondagens IT-systemer og -nettverk.

Gjennom sine støttemidlar skal programmet gjennom forsking m.a. medverke til å:

  • Styrkje den nasjonale kompetansen innan informasjonssikring i djupn og bredde.

  • Byggje og vidareutvikla dei faglege nettverka nasjonalt og internasjonalt og medverke til å koordinere norske aktivitetar for å oppnå betre utnytting av forskingsmiljøa sitt arbeid.

  • Støtte nasjonale strategiar innan IT-sårbarheit og -tryggleik.

  • Styrkje norske forskingsmiljø på eit høgt fagleg nivå slik at dei kan arbeide vidare med viktige spørsmål og utfordringar knytte til tryggleik i IT-system og -nettverk.

  • Finne løysingar og bringe fram resultat som kan gi eit grunnlag for nasjonal industri og utvikling av næringsverksemd innafor tryggleiksområdet og som kan hevde seg i ein internasjonal marknad.

  • Finne metodar for å utvikle ein kultur for trygg bruk av elektronisk forretningsverksemd i norske verksemder og ved annan bruk av IT-samfunnet.

Hovudtyngda av prosjekta fokuserer på fagområde som ein ventar vil få mykje å seie for framtidig norsk nærings- og samfunnsliv. Aktivitetar der resultata kan medverke til å auke tilliten til elektronisk samhandling har blitt prioritert.

Konkurransefagleg forsking

Departementet ønskjer å prioritere fornyingstiltak innan andre viktige område, og vil ikkje vidareføre det konkurransefaglege forskingsprogrammet til den førre regjeringa.

Budsjett

Post 01 Driftsutgifter

Løyvingsforslaget dekkjer departementets løns- og driftsutgifter mv. Posten dekkjer òg mellom anna utgiftene til Personvernnemnda og kjøp av brukarbaserte tenester i Servicesenteret for departementa (DSS). Auken i løyvingsforslaget kjem mellom anna av pris- og lønsjustering òg tilbakeføring av løyving som i budsjettet for 2006 vart nytta i samband med etablering av Servicesenteret for departementa på kap. 1522.

Post 21 Spesielle driftsutgifter

Løyvingsforslaget skal mellom anna dekkje utgifter til fornyingsarbeidet i departementet. Innanfor løyvinga er det sett av midlar til sikring av regjeringsbygningane og områda rundt, kjøp av tverrsektorielle, kritiske analysar av statleg ressursbruk og andre større prosjekt. Vidare vert det foreslått å nytte 20 mill. kroner til å gjennomføre analysar av og forsøk med arbeidstid. Det er òg sett av midlar til tiltak for å rekruttere og behalde fleire personar med nedsett funksjonsevne i statleg forvaltning. Prosjektet Statens kulturhistoriske eigedommar vert utgiftsført over denne posten. Vidare dekkjer løyvingsforslaget departementets FoU-arbeid.

Kap. 1502 Tilskot til kompetanseutvikling

 

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2005

Saldert budsjett­ 2006

Forslag 2007

70

Tilskot , kan overførast

5 804

20 000

Sum kap. 1502

5 804

20 000

Allmenn omtale

I hovudtariffavtalen for 2006-2008 mellom Staten og hovudsamanslutningane vart det i lønsoppgjeret 2006 sett av til saman 40 mill. kroner til kompetanseutvikling for tariffperioden, jf. St.prp. nr. 69 (2005-2006).

Av desse midlane er det sett av 30 mill. kroner til å stimulere til forsøks- og utviklingsprosjekt innanfor ulike kompetansetiltak innan organisasjons- og leiarutvikling, metodar og verktøy for kompetanse- og karriereutvikling, kompetanseutvikling for å hindre utstøyting m.a. ved omstillingar, oppfølging av IA-avtalen, samt å kunne dra betre nytte av kompetansen til personar med etnisk minoritetsbakgrunn. Vidare er det sett av 10 mill. kroner til felles opplærings- og utviklingstiltak for leiing og tillitsvalde i samarbeidskompetanse og medverknad, med særleg utgangspunkt i Hovudavtalen og Hovudtariffavtalen i staten.

Avsetninga er gjord med ei løyving på 20 mill. kroner i 2006 og 20 mill. kroner i 2007.

Departementet og hovudsamanslutningane fastset retningslinjer for avsetninga.

Rapport

Partane vil i fellesskap evaluere ordninga.

Kap. 1503 Midlar til opplæring og utvikling av tillitsvalde

 

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2005

Saldert budsjett­ 2006

Forslag 2007

70

Tilskot

93 506

107 816

86 127

71

Bidrag frå arbeidstakarane

24 310

29 959

24 129

Sum kap. 1503

117 816

137 775

110 256

Allmenn omtale

Løyvinga er ein del av hovudtariffavtalen for perioden 01.05.2006-01.05.2008.

Staten og organisasjonane har tariffavtale om at staten skal løyve tilskot til tenestemannsorganisasjonane sine opplærings- og utviklingstiltak. Avtalen vart oppretta etter mønster av tilsvarande avtale mellom LO og NHO. Ordningar er òg etablerte i andre tariffområde i privat sektor og i kommunesektoren.

Etter avtalen skal midlane nyttast som støtte til organisasjonane si opplæring av tillitsvalde i staten, m.a. i organisasjons- og tillitsvaldarbeid, miljø- og vernearbeid, sjukefråvær, medbestemming, personalpolitiske spørsmål, omstilling, effektivisering og samfunnsøkonomi m.m.

Etter gjeldande tariffavtale er prosentsatsen for tilskot fastsett til totalt 0,24 pst. av årleg utbetalt løn etter hovudregulativet (A-tabell). Forslaget er berekna på grunnlag av årsverk og lønsmasse i staten per 01.10.2005. Beløpet vert korrigert når løns- og sysselsettingsstatistikken per 01.10.2006 ligg føre våren 2007.

Arbeidstakarane medverkar til finansieringa ved trekk på 200 kroner per år av bruttoløn etter A-tabellen. Arbeidstakaranes bidrag kjem fram under post 71. Arbeidsgivaranes tilskot er ført opp under post 70.

I samband med overføring av forhandlingsansvaret for undervisningspersonalet med verknad frå 01.05.2004, er det semje om å leggje til rette for ein omstillingsperiode frå 01.05.2004 til 30.04.2008. Eitt av elementa er at det vert løyvd OU-midlar over post 70 til undervisningspersonalet sine organisasjonar med høvesvis 20 mill. kroner i 2004 og 2005, og 10 mill. kroner i 2006 og 2007, likevel ikkje meir enn tilsvarande for statstilsette.

Staten er pliktig til å følgje opp avtalen med tilsvarande opplærings- og informasjonstiltak på arbeidsgivarsida. Desse utgiftene må dekkjast av budsjetta til dei einskilde verksemdene.

Rapport

Midlane vert fordelte av Fornyings- og administrasjonsdepartementet til hovudsamanslutningane og dei frittståande organisasjonane med forhandlingsrett. Organisasjonane utarbeider årlege rapportar der det vert gjort greie for bruken av midlane.

Kap. 1506 Noreg.no

 

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2005

Saldert budsjett­ 2006

Forslag 2007

01

Driftsutgifter

12 117

21 162

22 344

21

MiSide , kan overførast

6 000

13 000

Sum kap. 1506

12 117

27 162

35 344

Allmenn omtale

Noreg.no/Norge.no vart gjort om til eiga verksemd frå 01.01.2005. Noreg.no har ved utgangen av 2006 26 årsverk. Verksemda har auka med 12 årsverk frå Noreg.no vart eiga verksemd.

Noreg.no har nasjonale forvaltningsoppgåver knytte til mellom anna å gjere det enklare for brukarane å finne fram til offentlege tenester og offentleg informasjon, og medverke til auka kvalitet og betre samordning av offentlege tenester på Internett. Ei sentral oppgåve i denne samanhengen er forvaltningsansvaret for MiSide som Noreg.no fekk i juni 2006. På MiSide vil den einskilde innbyggjar få utført offentlege tenester, få innsyn i informasjon om seg sjølv i offentlege register og ei sikker elektronisk postkasse for meldingar til og frå forvaltninga. MiSide vil gjere kvardagen enklare for den einskilde ved at tenester frå ulike offentlege verksemder kan nåast frå ein og same stad, og vi får ei meir open forvaltning som gjer det mogleg å få betre innsyn.

Ei anna viktig oppgåve er å vere pådrivar for brukarkvalitet. Noreg.no utviklar kvalitetskriterium for offentlege nettsider og kvalitetsvurderer kvart år over 700 offentlege nettsider. Noreg.no skal arbeide for at offentlege nettløysingar tek i bruk krav til universell utforming, i tillegg til å overvake at offentlege nettstader følgjer den såkalla WAI-standarden (Web Accessibility Initiative frå World Wide Web Consortium). Noreg.no gjennomfører brukarundersøkingar for å kartleggje kor nøgde brukarane er med tilgangen til elektronisk informasjon og elektroniske tenester frå det offentlege. Noreg.no har eit ansvar for å leggje til rette for betre samarbeid mellom offentlege nettportalar i Noreg og Norden med sikte på å gjere det mogleg å forenkle og samordne tenester og ressursbruk. Noreg.no har ansvaret for å drifte og utvikle tre nettsider: www.noreg.no, www.norge.no og www.norway.no

Noreg.no måler omfanget av brukarkontakten gjennom talet på sidevisningar og unike brukarar på nettsidene. I tillegg vert det registrert kor mange som tek kontakt med Noreg.no for å finne fram i det offentlege. I 2005 registrerte Noreg.no 19,7 millionar sidevisningar på nettsidene fordelte på 3,9 millionar unike brukarar. I tillegg fekk 33 287 personar hjelp til å finne fram i det offentlege gjennom Noreg.no sine publikumstenester. Kontaktane til publikumstenesta fordeler seg på telefon 58 pst., nettprat 27,3 pst., e-post 13,7 pst. og SMS 1 pst. Talet på elektroniske kontaktar aukar mest og nettprat er den kommunikasjonsforma som veks raskast med ein auke på 11,3 pst. i 2005. I 2006 er det venta at trafikken til Noreg.no sine nett- og publikumstenester aukar med 15 pst.

Rapport

Noreg.no

Målet for 2005 i tildelingsbrevet frå departementet var at Noreg.no sine nettportalar skulle ha 40 000 sidevisningar og 10 000 unike brukarar i gjennomsnitt dagleg. I gjennomsnitt hadde Noreg.no 53 981 sidevisningar dagleg i 2005, medan portalane hadde 10 684 unike brukarar dagleg. Dei mest populære tema på Noreg.no er arbeid, skatt, skole og utdanning og trygd. For publikumstenesta var målet at talet på kontaktar skulle auke med 10 pst. frå 2004 og at talet på elektroniske kontaktar skulle aukast til 40 pst. Statistikken viser ein auke i talet på kontaktar med 5,6 pst. I alt registrerte publikumstenesta til Noreg.no 33 287 kontaktar i 2005. 41 pst. av kontaktane vart gjorde elektronisk via e-post eller nettprat. Noreg.no utførte elles ei omfattande vidareutvikling av nettportalane i 2005. Den viktigaste endringa vart gjord gjennom omlegging av menyar og strukturar på nettsidene, frå fokus på organiseringa av offentlege etatar til eit brukarfokus med organisering av informasjon og tenester etter emne. Noreg.no lanserte fleire nye tenester i 2005. Dei viktigaste var

  • Ditt nærområde der brukarane kan finne informasjon og tenester i sin eigen kommune

  • Dekningskart som gir informasjon om geografisk plassering av offentlege kontor

  • Temastrukturen vart endra til 14 hovudtema som er kopla til 41 undertema.

  • Kunnskapsspelet der brukarane kan teste kunnskapen sin om offentlege tema.

  • Taleportalen som gir tilgang til Noreg.no sine nettenester via telefonen.

Noreg.no har eit pådrivaransvar for å oppnå auka kvalitet på offentlege nettstader. I dette ansvaret ligg òg kvalitetsmerking av offentlege nettsider. I 2005 vurderte Noreg.no kvaliteten på 700 offentlege nettsider. Resultata viser at det er stor skilnad i kvaliteten. Vurderingane vart gjorde på kor tilgjengeleg, brukartilpassa og nyttig innhaldet er. Størst skilnad i kvaliteten er det på brukartilpassinga. Noreg.no har formidla informasjon om kvalitetsarbeidet på nettsidene, delteke i arbeidsgrupper, halde foredrag og skrive rapportar som ein lekk i arbeidet med å oppnå auka kvalitet på dei offentlege tenestene.

MiSide

Første versjon av MiSide vart utvikla i 2005, men er førebels ikkje lansert. I løpet av 2006 har ein vidareutvikla den tekniske løysinga, mellom anna med funksjonalitet for sikker utveksling av meldingar mellom forvaltninga og innbyggjarane samt tilpassingar for å kunne inkludere tenester frå kommunane. Hausten 2006 vil ein i tillegg utvikle ei førebels innloggingsløysing for MiSide. Noreg.no har bygd opp ein forvaltningsorganisasjon med 5 tilsette for å forvalte og vidareutvikle MiSide. Noreg.no har etablert dei naudsynte forvaltningssystema for MiSide, i tillegg til tenesteutvikling knytt til løysinga.

Resultatmål

Noreg.no skal i 2007 vidareføre og vidareutvikle informasjonsportalen Noreg.no og dei tilhøyrande tenestene. Ivaretaking av forvaltningsansvaret for MiSide skal følgjast opp. Det er viktig å sjå utviklinga av Noreg.no si rolle i samsvar med utviklinga innanfor MiSide. Brukarundersøkingar og brukarfokus, medrekna oppfølging av offentlege nettstaders bruk av WAI-standardar, og rettleiing og informasjon om dette skal stå sentralt. Norge.no skal i 2007 arbeide for at MiSide inkluderer alle personlege tenester frå både statlege og kommunale verksemder. Etaten skal ha særskilt fokus på å etablere ein felles sikker postkasse for dialogen med forvaltninga.

Budsjett

Post 01 Driftsutgifter

Løyvinga skal dekkje utgifter til drift av alle ansvarsområda. Vidare skal den dekkje videreutviklinga av desse områda (unntatt MiSide).

Post 21 MiSide

Forvaltningsorganisasjonen ved Noreg.no for MiSide skal styrkje fellesfunksjonane i MiSide-løysinga slik at innbyggjarportalen framstår som innbyggjaranes naturlege val for elektronisk dialog med offentleg sektor. Det er særleg oppgåver knytte til auking av tenesteinnhaldet frå statleg og kommunale verksemder, brukartilpassing, vidareutvikling av den sikre postkassa, tilknyting av nye tenesteleverandørar, samt forvaltning av leverandørkontrakt og tenesteleverandør-nettverka til MiSide.

Ei velfungerande MiSide-løysning er eit viktig bidrag i arbeidet med å brukerorientera offentleg sektors elektroniske tenesteinnhald på internett. Det vert difor foreslått å styrkje løyvinga med 7 mill. kroner til totalt 13 mill. kroner for å dekkje den naudsynte aktivitetsauken knytt til vidareutvikling av løysinga.

Kap. 4506 Noreg.no

 

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2005

Saldert budsjett­ 2006

Forslag 2007

01

Sal av informasjonstenester

12

21

21

02

Ymse inntekter

356

16

Refusjon av fødselspengar/adopsjonspengar

154

18

Refusjon sjukepengar

310

Sum kap. 4506

832

21

21

Post 01 Sal av informasjonstenester

Under posten fører ein inntekter frå sal av informasjonstenester.

Kap. 1507 Datatilsynet

 

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2005

Saldert budsjett­ 2006

Forslag 2007

01

Driftsutgifter

24 022

22 284

25 059

Sum kap. 1507

24 022

22 284

25 059

Allmenn omtale

Retten til personvern er eit grunnleggjande prinsipp i ein rettsstat. I mange tilfelle vil det vere interessefellesskap mellom sektorstyresmakter, brukarane og næringslivet i utvikling av nye tenester og i å få til betre innhenting og spreiing av informasjon. Det er då ikkje gitt at personverninteressene blir vigde stor nok merksemd. Òg krava om gode offentlege tenester tilpassa den einskilde, effektiv sakshandsaming, innsyn og openheit kan i nokre tilfelle komme i konflikt med personvernet. Det er ei stor utfordring å finne fram til rutinar, praktiske løysingar og til eksempel bruk av informasjons- og kommunikasjonsteknologi som tek omsyn til personvernet og samstundes medverkar til betre tenester og ein meir effektiv offentleg sektor.

På oppdrag frå det dåverande Moderniseringsdepartementet og Datatilsynet, vart det i 2005 undersøkt korleis innbyggjarane og offentlege og private verksemder stiller seg til personvern. Undersøkinga avdekte at folk stoler på at andre tek vare på deira personvern, at fleirtalet trur at dei fleste verksemdene i Noreg følgjer krava i personopplysningslova og at personvernet er så godt ivareteke i Noreg at ein trygt kan gi frå seg opplysningar om seg sjølv. Langt dei fleste verksemdene på si side, kjenner ikkje til krava til informasjonstryggleik og krava dei etter lova har til å gi informasjon til dei som opplysningane gjeld. Justisdepartementet i samarbeid med Fornyings- og administrasjonsdepartementet reviderer no personopplysningslova og -forskrifta. Den første endringa som vil bli sendt på høyring er framlegg om nye reglar om arbeidsgivar sin rett til innsyn i e-posten til dei tilsette.

Gjennom aktivt tilsyn og sakshandsaming skal Datatilsynet kontrollere at lover og forskrifter for handsaming av personopplysningar vert følgde, og at feil og manglar vert retta. Tilsynet skal halde seg orientert og informere om den nasjonale og internasjonale utviklinga i handsaming av personopplysningar, og om dei problema som knyter seg til dette feltet. Vidare skal Datatilsynet identifisere farar for personvernet og gi råd om korleis dei kan verte unngått eller avgrensast. Deltaking i råd og utval er difor ein viktig del av arbeidet til Datatilsynet. Som høyringsinstans i saker som kan ha konsekvens for personvernet, har Datatilsynet òg innverknad på samfunnsutviklinga.

Datatilsynet hjelper bransjeorganisasjonar med å utarbeide bransjevise normer for framferd, og gir bransjar og einskilde verksemder råd om sikring av personopplysningar. Datatilsynet motiverer og hjelper verksemder til å velje sine eigne personvernombod. Datatilsynet har òg ei viktig ombodsrolle. Einskildpersonar som tek kontakt med tilsynet, får råd og informasjon. Publikum vert i fyrste rekkje nådd gjennom aktiv mediekontakt og publisering på eigen nettstad. For å skape merksemd og interesse omkring personvernspørsmål deltek Datatilsynet aktivt i den offentlege debatten og legg stor vekt på å praktisere utvida innsyn.

Nokre prinsipp står sentralt i oppbygginga av personvernlovgivinga. Prinsippa byggjer på eit grunnleggjande ideal om at den einskilde skal ha råderett over personopplysningar om seg sjølv.

Blant dei sentrale prinsippa er:

  • Handsaming av personopplysningar skal vere sakleg grunngitt. Opplysningane skal samlast inn til klare og legitime føremål og brukast i samsvar med desse.

  • Registrering av personopplysningar skal i størst mogleg grad vere basert på frivillig, tydeleg og informert samtykke. Opplysningar i offentlege register der registrering er pliktig, skal vere lovheimla.

  • Ved innhenting av personopplysningar har den einskilde rett til uoppfordra å få vite om det er frivillig eller obligatorisk å gi frå seg personopplysningane, kva føremål opplysningane skal brukast til og om dei vil verte utleverte til andre.

  • Den behandlingsansvarlege skal hjelpe den registrerte med å gi innsyn i kva opplysningar som er lagra, kva dei skal brukast til og kor dei er henta frå.

  • Opplysningar som vert registrerte skal vere korrekte. Feil opplysningar skal endrast, slettast eller sperrast. Overskotsinformasjon og opplysningar som ikkje lenger er naudsynte for føremålet med registreringa, skal slettast.

  • Informasjonstryggleiken skal ivaretakast.

  • Borgarane skal ha krav på å kunne ferdast anonymt. Når nye teknologiske løysingar vert tekne i bruk, skal retten til anonym ferdsel takast vare på.

Rapport

St.meld. nr. 40 (2004- 2005) om Datatilsynet og Personvernnemnda sine årsmeldinger for 2004 gir utfyllande informasjon.

Tilsynsaktiviteten

Tilsynsverksemda er eit verkemiddel i Datatilsynet sitt arbeid med å fremje eit godt personvern i samfunnet. I tillegg til å kontrollere om verksemdene etterlever regelverket, er tilsyn òg ein viktig kanal for dialog og kunnskapsoverføring. Datatilsynet gjennomførte 130 tilsyn i 2005. Generelt verkar det som om mange verksemder ikkje er klare over at dei er innanfor området for regelverket. Det er liten kjennskap til personopplysningslova sjølv om det no er 5 år sidan lova vart sett i kraft.

Informasjonsverksemda

Kommunikasjon vart vektlagd som verkemiddel, m.a. gjennom mediekontakt, Datatilsynet si heimeside og ei juridisk svarteneste på telefon og e-post. Datatilsynet lanserte i 2005 ei ny og meir funksjonell heimeside. Den nye sida gjer det mogleg å ha breiare informasjon innanfor fleire tema enn det som var mogleg med den gamle. Den nye nettsida oppnådde eit særs tilfredsstillande resultat i Noreg.no si evaluering av offentlege nettstader.

Datatilsynet var i 2005, saman med det dåverande Moderniseringsdepartementet, oppdragsgivar for ei større undersøking om personvern. Personvernundersøkinga indikerer tydeleg at befolkninga har mangelfull kunnskap om eigne rettar med omsyn til personvern, men stor tillit til at alle dei verksemdene som behandlar personopplysingar etterlever lovgivinga. Dei nedslåande funna frå personvernundersøkinga stadfestar det klare inntrykket Datatilsynet har danna seg gjennom tilsynsverksemda og gjennom anna sakshandsaming. Urovekkjande mange av verksemdene manglar kunnskapar om regelverket, og berre eit fåtal har sett i gang tiltak for å møte pliktene dei har etter personvernlovgivinga. Med bakgrunn i personvernundersøkinga har Datatilsynet utarbeidd ein handlingsplan for målretta informasjon om plikter og rettar innan personvern. I handlingsplanen vert det skissert tiltak som tek sikte på å gi dei aktuelle verksemdene relevant og målretta informasjon om innhaldet i personvernlovgivinga. Datatilsynet har i 2006 sett i verk tiltak i tråd med planen. Tiltaka vert retta mot barn og ungdom og mot næringsverksemd i små og mellomstore føretak. I samband med desse informasjonstiltaka er Datatilsynet tilført prosjektmidlar i 2006, og løyvinga er i 2007 auka med 2 mill. kroner.

Fristar for sakshandsaminga

Målet om sakshandsaming i løpet av 5 veker for enkle saker og 10 veker for kompliserte saker vart nådd. Det er gjennomført stikkprøver som viser at tidsbruken ikkje overstig dei nemnde fristane. Med eit nytt sakshandsamingssystem vil ein få ut rapportar om tidsbruken i alle saker.

Høyringsfråsegner

Datatilsynet gav tilsvar i 88 av 139 innkomne høyringsfråsegner. Fleire var svært ressurskrevjande med svarfristar så korte at det i nokre tilfelle vart vurdert om det var tilrådeleg å gi tilsvar. Datatilsynet si oppfatning er at det sjeldan vart teke omsyn til merknader gitt i høyringsfråsegner.

Oppfølging av regelverk på personvernområdet

Saman med Fornyings- og administrasjonsdepartementet og Lovavdelinga i Justisdepartementet arbeider Datatilsynet med regelverkutvikling. I løpet av 2006 vil forslag til endringar i personopplysningslova verte sende på høyring. I denne perioden vil òg forskrifta vere under revisjon.

Internasjonalt arbeid

I aukande grad merkar Datatilsynet eit internasjonalt engasjement i personvernspørsmål. EU, Europarådet, OECD o.a. set i dag standarden for mykje av den personverntenkinga som vert gjeldande her til lands. Det er difor viktig for Datatilsynet å kunne delta i internasjonale fora.

Resultatmål

Datatilsynet skal i 2007:

  • Gjennomføre minst 130 tilsyn innan prioriterte område

  • Medverke til at personvernet blir tilstrekkeleg vektlagt, bl.a. ved deltaking i råd, utval og samarbeidsfora nasjonalt og internasjonalt og gjennom høyringsfråsegner.

  • Gjennom ei ekstra satsing på kommunikasjonstiltak skal innbyggjarane setjast betre i stand til å vareta sitt eige personvern, samtidig som verksemdene skal gjerast meir kompetente med omsyn til å vareta pliktene sine etter personvernlovgivinga.

  • Handsame enkle saker innan 5 veker og kompliserte saker i gjennomsnitt innan 10 veker.

Budsjett

Post 01 Driftsutgifter

Løyvingsforslaget dekkjer løns- og driftsutgifter. Det er lagt inn ei auke på 2 mill. kroner for å styrkja informasjonsverksemda.

Kap. 4507 Datatilsynet

 

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2005

Saldert budsjett­ 2006

Forslag 2007

16

Refusjon av fødselspengar/adopsjonspengar

615

18

Refusjon sjukepengar

248

Sum kap. 4507

863

Post 01 Driftsinntekter

På posten vert tilfeldige inntekter førte. Datatil­synet kan fastsetje tvangsmulkt, jf. personopplysningslova § 47. Eventuelle inntekter i den samanheng vert inntektsførte under kap. 5309 Tilfeldige inntekter i statsrekneskapen.

Kap. 1508 Spesielle IT-tiltak

 

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2005

Saldert budsjett­ 2006

Forslag 2007

21

Spesielle driftsutgifter , kan overførast

5 587

5 004

22

Samordning av IT-politikken , kan overførast

7 680

20 899

30 899

50

Tilskot til høghastigheitskommunikasjon , kan ­overførast

68 825

69 024

121 647

70

Tilskot til elektronisk samhandling og forenkling av forretningsprosessar

14 700

1 400

1 400

71

Tilskot til Senter for informasjonssikring

4 000

4 000

Sum kap. 1508

96 792

100 327

157 946

Budsjett

Post 21 Spesielle driftsutgifter, kan overførast

Norwegian Computer Emergency Response Team (NorCERT) i Nasjonalt tryggingsorgan (NSM) vart, etter eit par års prøveverksemd, formelt oppretta 1. januar 2006. NorCERT og VDI (Varslingssystem for digital infrastruktur) er to tett integrerte funksjonar som er samla og organiserte som ei avdeling i NSM. Det er etablert eit felles operasjonssenter som har det daglege ansvaret for å følgje opp avdelinga sine fellesfunksjonar (Operasjonssenteret er bemanna store delar av døgnet). I tillegg er det etablert vakttelefonordningar som sørgjer for at VDI/NorCERT er tilgjengeleg heile døgnet alle dagar.

VDI er ein støttefunksjon for NorCERT, og er utvikla for å identifisere, setje saman informasjon om og varsle om angrep og truslar mot IKT-infrastruktur som er kritisk for samfunnet. Systemet analyserer angrep på dei datanettverka som deltakarane i VDI har i bruk, og som er knytte opp mot Internett. VDI er finansiert av deltakarane som betaler for utstyr, linjeleige og personellressursar hos dei einskilde verksemdene, mens styresmaktene betaler knutepunktet, databasen og personellet i VDI over NSM si årlege løyving.

2006 har vore eit etableringsår, der fokus har vore å utvikle NorCERT frå eit lite prøveprosjekt til ein fast organisasjon med fast tilsette og etablerte rutinar og prosedyrar. NorCERT-funksjonen har i dag totalt 10 årsverk. VDI har 7 tilsette.

Det budsjettmessige ansvaret for NorCERT har i oppstarten vore lagt til Fornyings- og administrasjonsdepartementet som samordningsansvarleg departement for IKT-tryggleik i sivil sektor. Frå og med 2007 vil budsjettansvaret og budsjettmidlane for NorCERT bli rammeoverført til Forsvarsdepartementet som har budsjettansvaret for Nasjonalt tryggingsorgan (NSM). Vi syner til omtale i Forsvardepartementets budsjett, kap. 1723 Nasjonal Sikkerhetsmyndighet (jf. kap. 4723).

Post 22 Samordning av IT-politikken, kan overførast

Løyvinga dekkjer utgifter til samordning av IT-politikken.

Samordningsansvaret for IT-politikken inneber bl.a. å:

  • vere pådrivar overfor andre departement på IKT-området og tilføre stønad og kompetanse til aktivitetar i regi av desse departementa

  • identifisere og følgje opp sektorovergripande spørsmål knytte til informasjonssamfunnet og initiere og koordinere tiltak av tverrgåande karakter

  • utarbeide oversikter og statistikk for utvikling av den samla IKT-politikken

  • samordne breibandspolitikken

  • vere pådrivar for utviklinga av elektroniske tenester i offentleg sektor

  • følgje opp Nasjonal strategi for informasjonstryggleik for å medverke til utbreiing av ein tryggleikskultur for heile det norske samfunn

  • arbeide for å etablere ein samfunnsinfrastruktur for elektronisk ID og elektroniske signaturar

  • arbeide for samordning av IT-arkitekturen i offentleg sektor medrekna standardisering og felles grunndata

  • koordinere internasjonal deltaking på IKT-området

Allmenn omtale

Fornyings- og administrasjonsdepartementet har eit hovudansvar for at innsats og prioriteringar på IKT-området støttar opp om ein heilskapleg politikk og fremjar utviklinga på IKT-området. Den kommande stortingsmeldinga om IKT vil verte fremja i løpet av 2006 og gir retning for nokre område av IT-politikken i åra som kjem. Viktige tema i meldinga er:

  • IKT i økonomien

  • Digital kompetanse, digitale skilje og universell utforming

  • e-Forvaltning

  • IKT-forsking og næringspolitikk

  • Digitalt innhald

  • Personvern og tryggleik

Sentrale målsetjingar for ein heilskaplig politikk på IKT-området er òg fastlagde gjennom planen ­«eNoreg 2009 - det digitale spranget», som vart lansert i 2005.

Resultatrapport

eNorge 2009er ein plan lansert av den førre regjeringa. Planen har fått stor oppslutnad og mange organ innafor og utanfor forvaltninga arbeider i tråd med planen. Denne regjeringa vil komme tilbake til mål og tiltak i samband med den varsla stortingsmeldinga om IKT.

Frå lansering av eNoreg 2009 i juni 2005 har oppfølgingsarbeidet særleg vore fokusert på å realisere tverrgåande prosjekt samt dei prioriterte tiltaka i planen. Deler av arbeidet har vore forankra i Koordineringsorganet for eForvaltning og realisering av planen har blitt aktivt kommunisert til offentlege verksemder. Det har også vore viktig å forankre overordna målsetjingar i kommunesektoren. Kommunesektoren ved KS lanserte hausten 2005 sin eigen IKT-plan, kalla eKommune 2009, som i hovudsak er bygd på målsetjingar i eNorge 2009. Ei rekkje tiltak og prosjekt er sette i verk. Blant desse kan nemnast ny handlingsplan for elektroniske innkjøp og elektronisk handel i offentleg sektor og nye strategiar for gevinstrealisering i offentlege IKT-prosjekt.

Opne standardar

Det er ei rekke problemstillingar som må løysast for at IT-systema i offentleg sektor skal kunne samhandle seg imellom og med omverda på ein open og effektiv måte. På området IT-arkitektur har departementet i 2006 arbeidd mest med bruk av opne IT-standardar. Regjeringa har vedteke overordna politikk og tiltak for bruk av opne IT-standardar i offentleg sektor. Det er etablert eit standardiseringsråd som skal gi departementet tilrådingar på dette området. Vidare skal det lagast ein såkalla referansekatalog over IT-standardar til bruk i offentleg sektor. Katalogen vil omfatte IT-standardar som er obligatoriske og/eller tilrådde for offentlege verksemder. Det første temaet som kjem i katalogen, er bruken av opne dokumentformat for publisering av informasjon til publikum. På dette området er det gjennomført utgreiingsarbeid i 2006.

Utveksling av persondata

Finansdepartementet og Fornyings- og administrasjonsdepartementet har i fellesskap sett ned ei arbeidsgruppe som skal leggje fram forslag til eit betre folkeregister med nøkkelinformasjon om kvar einskild innbyggjar. Mål for arbeidet er god kvalitet på registerinnhaldet og kostnadseffektiv elektronisk samhandling i og med offentleg sektor. Arbeidsgruppas rapport skal føreliggje i april 2007.

Tryggleiksportal-forvaltning og vidareføring

Brønnøysundregistera og Bankenes Betalingssentral (BBS) signerte 1. juli 2005 ein rammeavtale om sikre portaltenester for kommunikasjon i og med offentleg sektor. BBS skulle tilby tenester for sikker identifisering, signering, arkivering og kryptering. Portalen frå BBS vart lansert i desember 2005, men det viste seg at forretningsmodellen for avtalen ikkje fekk oppslutning frå leverandørane av elektroniske identifiseringstenester (eID’er). Partane vart difor i juni 2006 einige om å avvikle rammeavtalen. Departementet er no i gang med å lage ein strategi for etablering av ei felles tryggingsløysing.

Koordineringsorganet for eForvaltning

Koordineringsorganet for eForvaltning vart etablert i desember 2004 og er eit rådgivande organ under leiing av fornyingsministeren. Det består av representantar frå 14 statlege verksemder og to representantar frå kommunesektoren. Koordineringsorganet gir tilrådingar på områda elektroniske tenester, IT-arkitektur, elektronisk autentisering/signatur og IT-tryggleik i offentleg sektor. Til no har Koordineringsorganet blant anna spelt ei viktig rolle i samband med etableringa av internettportalar for elektroniske tenester. Organet har òg gitt råd om utforming og gjennomføring av tiltak knytte til bruken av opne IT-standardar i offentleg sektor.

Koordineringsutvalet for førebyggjande informasjonstryggleik.

Koordineringsutvalet for førebyggjande informasjonstryggleik (KIS) vart stifta i mai 2004. Utvalet blir leidd av Fornyings- og administrasjonsdepartementet, og består av representantar frå seks departement, Statsministeren sitt kontor og ti direktorat. Utvalet sitt arbeid omfattar alt frå alminnelig førebyggjande IKT-tryggleik til spørsmål kring tryggleiken i riket, vitale nasjonale tryggingsinteresser og kritiske samfunnsfunksjonar. Utvalet skal samordne vidareutvikling av tryggingsregelverket på IKT-området, få fram felles standardar, normer, metodar og verktøy for IKT-tryggleik og betre samordning av tilsynspraksis. Utvalet skal òg drøfte aktuelle risiko- og sårbarheitsspørsmål og m.a. medverke til koordinering av informasjonstiltak og beredskapsplanlegging. Utvalet har ingen operative funksjonar.

Vidarebruk av offentleg informasjon

Vidarebruk av offentlege data kan vere ei viktig kjelde til verdiskaping og utvikling av kunnskapsbaserte næringar.

EU-direktiv 2003/98/EF om vidarebruk av den offentlege sektoren sin informasjon er implementert i norsk lovgiving gjennom føresegner i ny offentleglov, vedteke av Stortinget i mai 2006. Føremålet med direktivet er å leggje til rette for vidarebruk av informasjon frå offentleg sektor gjennom å fastsetje minimumsreglar for vidarebruk. Eit grunnprinsipp i direktivet er at det ikkje skal diskriminerast mellom ulike aktørar som ønskjer å vidarebruke informasjon frå offentleg sektor samtidig som det blir innført eit øvre pristak når det blir gitt tilgang til informasjon.

Mål og strategiar

Fornyings- og administrasjonsdepartementet har eit hovudansvar for at innsatsen og prioriteringane på IT-området støttar opp om ein heilskapleg politikk og fremjar utviklinga på IT-området. Departementet vil i 2007 særleg ha merksemda retta mot oppfølginga av stortingsmeldinga om IKT der viktige tema er:

  • IKT i økonomien

  • Digital kompetanse, digitale skilje og universell utforming

  • eForvaltning

  • IKT-forsking og næringspolitikk

  • Digitalt innhald,

  • Personvern og tryggleik

Innafor området eForvaltning i den kommande meldinga, vil Fornyings- og administrasjonsdepartementet blant anna ha ein vesentleg forsterka innsats rundt bruk av opne standardar og open kjeldekode. Dette er hovudgrunnen til styrkinga av budsjettet på kap. 1508 post 22 med 10 mill. kroner. For å leggje til rette for ei stadig mer kompleks elektronisk samhandling mellom individ, applikasjonar og IT-system, vil departementet i 2007 styrke arbeidet med å etablere forvaltningsstandardar for offentleg sektor som er baserte på opne standardar. Departementet har etablert eit standardiseringsråd for IT i det offentlige som skal komme med tilrådingar om kva som bør bli forvaltningsstandardar som det vil vere tilrådd eller obligatorisk å følje for offentlege verksemder. Etter omfattande prosessar, blant anna offentlege høyringar, vil forvaltningsstandardane bli publiserte i ein særskild referansekatalog. Over tid er det venta at systematisk bruk av opne standardar skal føre til ei betre og meir effektiv data- og informasjonsutveksling i og med offentleg sektor. Dette vil vere positivt for tenesteytinga og tenesteutviklinga i det offentlege, og vil tene både næringsliv og innbyggjarar. Vidare vil opne standarder gi meir lik tilgang til offentlege tenester uavhengig av kva teknologiplattform kvar einskild har, reduksjon av leverandørbindingar og betre konkurranse samt ein auka valfridom ved IT-kjøp. Opne standardar er òg viktig for å leggje til rette for opne systemarkitekturar og auka bruk av open kjeldekode. Det vil vere ei prioritert oppgåve å styrkje kompetansen rundt open kjeldekode. Dette vil bli nærare omtalt i stortingsmeldinga.

Innafor området vidarebruk av statleg offentleg informasjon skal det no utformast nye forskrifter med heimel i den nye offentleglova. Som følgje av gratisprinsippet og nye reglar i den nye offentleglova, jf. vidarebruksdirektivet, vart det som eit fyrste skritt løyvd 10 mill. kroner for 2006 til kompensasjon for bortfall av inntekt ved Meteorologisk institutt og Statens kartverk. Dette førde til ei auka løyving til Meteorologisk institutt på 2 mill. kroner for å sikre reduserte prisar på meteorologiske grunnlagsdata, jf. kap. 283 post 50 og 8 mill. kroner til Statens kartverk som kompensasjon for bortfall av inntekter, jf. kap.1465 Statens kjøp av tenester i Statens kartverk. Desse løyvingane er vidareførde i 2007-budsjettet.

Post 50 Tilskot til høghastigheits­kommunikasjon, kan overførast

Det er foreslått ei løyving på 121,6 mill. kroner til vidareføring av Høykom-ordninga. Den etablerte organiseringa av programmet vert vidareførd. Det inneber ei tilskotsordning med normalt 50 prosent eigendel og at ordninga blir administrert av Noregs forskingsråd gjennom eit programstyre. Kravet om 50 pst. eigendel kan fråvikast i særlege tilfelle.

Den foreslåtte løyvinga er den største til Høykom nokon gong. Av desse midlane skal 100 mill. kroner øyremerkjast distriktsområde utan eksisterande breibandstilbod. Desse midlane skal fordelast gjennom delordninga Høykom-distrikt/infrasruktur (sjå omtale under).

Allmenn omtale

I 1999 vart det etablert ei treårig tilskotsordning for å medverke til at offentlege verksemder over heile landet etterspør og tek i bruk avansert høgkapasitets informasjons- og kommunikasjonsteknologi (Høykom). Høykom vart i 2001 vedteke vidareført for tre år (2002-2004), og i 2004 for ytterlegare tre nye år (2005-2007).

Ved handsaming av St.meld. nr.49 (2002-2003) «Breiband for kunnskap og vekst» vedtok Stortinget mål og strategiar for breibandsutbygginga. Regjeringa har i Soria Moria-erklæringa denne ambisjonen: « At hele landet skal ha tilbud om tilknytting til høyhastighetsnett innen utgangen av 2007

Høykom er eit sentralt verkemiddel som skal hjelpe til å støtte opp under måla frå Soria Moria-erklæringa. Høykom gir tilskot etter nærare bestemte kriterium, og det vert lagt vekt på å trekkje med kommunar, lokalt næringsliv og verksemder i regionane. Det er ei utfordring å utløyse investeringar i breiband i grisgrendte delar av landet. Frå og med 2004 vart det difor oppretta eit nytt delprogram, Høykom-distrikt, spesielt innretta mot å styrkje breibandsutviklinga i distrikta.

Resultatrapport

Gjennom programperioden 2005-2007 vil det framleis vere område med særskilde behov for stimulering av breibandsutviklinga. Stortinget løyvde difor ytterlegare 50 millionar kroner til Høykom-distrikt i revidert budsjett for 2006. Totalt budsjett for Høykom i 2006 vart etter dette 119 mill. kroner, det største nokon gong.

Regional og lokal offentleg forvaltning og tenesteyting som grunnskular, folkebibliotek, kommuneadministrasjonar, primær- og spesialisthelsetenester har vorte prioritert i 2005. I tillegg er det lagt vekt på å få fram breibandsprosjekt der tryggleiksmekanismar inngår. Arbeidet med kunnskapsdanning og dokumentasjon av erfaringar er vidareført. Det er innanfor programmet gitt stønad til utvikling av effektive rettleiingstenester og formidling av erfaringar og resultat, medrekna gevinstar. Programstyret for Høykom løyvde eller gav tilsegn om i alt 77,6 mill. kroner i 2005. Av dette er 35 mill. kroner fordelte over Høykom-distrikt, 33,5 mill. kroner over ordinære Høykom, mens 9,1 mill. kroner er fordelte over Høykom-skole. Programmet har hatt stor utløysande effekt, god geografisk spreiing og gitt opphav til omfattande samarbeid i det offentlege og i nokon grad med private. Resultatmåla til programmet (ordinære Høykom og Høykom-distrikt) for 2005 var:

Bidrag til implementering av elektroniske publikumstenester

To tredelar av prosjekta inkluderer implementering av elektroniske publikumstenester. Det store fleirtalet av desse prosjekta dreier seg om offentleg tenesteyting. I tillegg til å implementere tenester innretta mot publikum har mange av desse prosjekta eit internt effektiviseringsaspekt.

Bidrag til utvikling av samarbeidsrelasjonar

Eit stort fleirtal av Høykom sine løyvingar er til samarbeidsprosjekt mellom aktørar i forskjellige kommunar. Halvparten av prosjekta i 2005 hadde tre eller fleire aktive deltakarar, mens fem av prosjekta har ni eller fleire deltakarar.

Prosjekt der private verksemder er involverte

Private verksemder inngår fyrst og fremst i prosjekta som leverandørar av IKT-løysingar og ulike konsulenttenester. Mange Høykomprosjekt fører òg til positive lokale ringverknader for næringslivet, til dømes ved at breibandsnett vert tilgjengeleg på stader som tidlegare mangla eit slikt tilbod.

Geografisk spreiing

Alle fylke med unnatak av Aust Agder har motteke løyvingar i 2005. Dei tre nordlegaste fylka har både levert mange søknader og fått god utteljing i form av løyvingar. Dei to fylka som har fått overført mest midlar er Oslo og Finnmark. At Oslo kjem godt ut har samanheng med at Høykom i 2005 har hatt ein del større prosjekt i regi av statlege aktørar lokaliserte i Oslo.

Prosjekt med dokumenterte kvantitative nytteeffektar

17 prosjekt vart i 2005 plukka ut for særskild oppfølging. Samla sett viser dei 17 prosjekta monalege gevinstar frå bruk av breiband. Frigjorde tidsressursar og reduserte driftskostnader er dei vanlegaste vinstane. Vinstane er hovudsakleg knytte til intern effektivisering og betre ressursutnytting. Kvaliteten på den fyrste innrapporteringa er ujamn, men arbeidet er venta å få monaleg overføringsverdi etter kvart som innrapporteringssystemet vert meir innarbeidd og det vert opparbeidd ein større erfaringsbase.

Erfaringsspreiing

Programmet sitt informasjonsarbeid er i stor grad basert på å spreie erfaringar og god praksis frå programporteføljen gjennom rapportar, brosjyrar, foredrag og fagartiklar. Dette skjer gjennom deltaking på arrangement og publisering på Høykom sin eigen nettstad, gjennom rettleiingstenesta Høyvis, og i andre medium. I 2005 vart det publisert fem rapportar. Høykom sin prosjektportefølje med erfaringar frå fleire hundre bruksorienterte prosjekt er eineståande, òg i internasjonal samanheng. Viktig erfaringsspreiing skjer òg i regi av prosjekta sjølve. Det Høykom-finansierte Kompetansesenteret for breibandsbruk, www.hoyvis.no har i 2005 på ein god måte hjelpt til å handtere kunnskapsspreiings- og trong for rettleiing hjå kommunar og andre offentlege verksemder over heile landet. Dette vart stadfesta blant Høyvis sine brukarar våren 2005. Høyvis.no har i løpet av 2005 formalisert samarbeidet med Uninetts rettleiingsarbeid (SOLID) og med Nasjonalt senter for telemedisin (NST). Dette styrkjer både kvaliteten og breidda på rettleiingsarbeidet.

Særskilde resultatindikatorar for Høykom distrikt/infrastruktur

Kommunar som inngår i samarbeidsprosjekt med andre kommunar

Det store fleirtalet av prosjekt innanfor Høykom-distrikt (18 av 26) er prosjekt der kommunar samarbeider med andre kommunar. Minst 70 kommunar samarbeidde aktivt gjennom Høykom-distrikt i 2005.

Prosjekt der kommunale institusjonar blir knytte til breiband

13 prosjekt innanfor Høykom-distrikt i 2005 medverka til ny tilknyting til breibandsnettet eller utviding av kapasitet for kommunale institusjonar.

Koordinert planlegging for kommunar/fylke

Integrerte kommunale tenesteportalar i Sogn og Fjordane er eit døme på denne typen prosjekt. Prosjektet omfattar alle kommunar i Sogn og Fjordane og vert leidd av fylkesmannen.

BTV-ordninga

Som del av eit forsøk med oppgåvedifferensiering har eit eige regionråd for fylka Buskerud, Telemark og Vestfold (BTV-regionen) hatt ansvar for vedtak om Høykom-prosjekt i eigen region. For søknader frå desse fylka innstiller Høykom sitt programsekretariat på ordinært vis, men det er Regionrådet og ikkje programstyret som fattar vedtak.

Mål og strategiar

Regjeringa har som mål å auke bruken av breiband i offentleg sektor, og gjennom dette medverke til fornying. I lys av dette vil programmet sitt hovudmål vere todelt:

  • Å medverke til å nå målsettjinga om tilbod om breiband til heile landet gjennom å stimulere etterspurnaden etter breiband og å stimulere utbygginga av breiband i område utan marknadsbasert tilbod

  • Å medverke til fornying av offentleg sektor gjennom å stimulere til utvikling og bruk av breibandsbaserte tenester for offentleg forvaltning og tenesteyting.

Programmet skal støtte realiseringa av desse måla ved å støtte utvalde prosjekt i offentleg sektor som:

  • er trong- og brukardrivne og fokuserer på verdiskaping og gevinstar

  • har monaleg potensial for betre samhandling mellom verksemder

  • opnar for gjenbruk av resultat, vektlegg interoperabilitet mot andre løysingar og i størst mogleg grad gjer bruk av opne standardar

  • kan utnytte IKT med fokus på høghastigheitskommunikasjon som «mogleggjerar».

Høykom-distrikt/infrastruktur

Høykom-distrikt skal vidareførast og styrkjast i 2007, men med ei sterkare innretting mot å støtte etablering av breibandsaksess i område utan slikt tilbod. Totalt skal 100 mill. kroner fordelast gjennom denne ordninga. Dette er den høgaste løyvinga til breiband i distrikta nokon gong.

Evaluering

Sekretariatet har etter førespurnad frå departementet sett i gang eit arbeid med å vurdere effekten av programmet og ei eventuell vidareføring med utgangspunkt i Soria Moria-erklæringa si vektlegging av breiband, digital allemannsrett, fornying og utvikling av offentlig sektor. Dette arbeidet er venta å kunne gi innspel til ei vurdering av eventuell vidareføring av programmet utover 2007.

Post 70 Tilskot til elektronisk samhandling og forenkling av forretningsprosessar

Integrerte løysingar og elektronisk samhandling er stadig meir sentrale føresetnader for effektiv oppgåveløysing både mellom verksemder, mellom verksemder og forbrukarar, samt i offentleg sektor. NorStella sitt nasjonale og internasjonale arbeid som pådrivar for betre elektronisk samhandling og forenkling av forretningsprosessar, er med på å leggje tilhøva til rette for uttak av fornyings- og effektiviseringsvinstar i så vel offentleg som privat sektor.

Verksemda

NorStella har ei todelt oppgåve:

  • som norsk representant å ta del i internasjonale organisasjonar som set fram krav og tilrådingar om bruk av opne standardar for elektronisk samhandling og forenkla handelsprosessar i offentleg sektor og privat næringsliv.

  • å syte for at slike standardar vert brukte innafor norsk offentleg sektor og næringsliv.

Dette arbeidet betyr mykje som bidrag til å skape eit konkurransedyktig næringsliv og ei effektiv offentlig forvaltning.

Resultatrapport 2005

NorStella har i 2005 m.a. hatt fokus på følgjande aktivitetar:

  • Lagt grunnlaget for å utvikle ein standard efaktura for næringslivet. Saka er òg teken opp i UN/CEFACT-komiteèn (FN-komité).

  • Medverka til at transportXML er teke i bruk som standard for kjøp og sal av transporttenester. Samarbeidspartnarar har vore transportportalen TakeCargo, samt prosjektet Short Sea Shipping Norway.

  • Kasta lys over konsekvensar for næringslivet av tidleg førehandsdeklarasjon ved eksport av varer til EU i nært samarbeid med NHO og Rederiforbundet, samt med ekspertgruppa i EFTA.

Målsetjingar med tilskotet

Tilskotet til NorStella i 2007 skal nyttast til aktiv deltaking i nasjonale og internasjonale fora og som pådrivar for bruk av internasjonale (de facto eller godkjende) standardar.

Det er ein føresetnad at NorStella i aktivitetane sine:

  • Nøye følgjer utviklinga av standardar for internettbaserte teknologiar, og tek i samband med dette del i utvalde internasjonale organisasjonar i tillegg til dei tradisjonelle innafor UN/CEFACT og CEN/ISSS.

  • Set fokus på enklare handelsprosedyrar ved å vere aktiv deltakar i WTO og UN/ECE, og Europro. Medverke til å spreie og samordne kunnskap i Noreg om standardar og trendar frå både det nordiske og internasjonale standardiseringsarbeidet for elektronisk samhandling og - forretningsdrift.

  • Gjer aktivt bruk av eksisterande og nye fagutval som til dømes fagutvalet for Open kjeldekode til fordel for norsk næringsliv og norsk forvaltning.

  • Tek initiativ til å etablera eit nasjonalt register («bibliotek») for fri nedlasting av spesifikasjonar og bruksmåtar for rammeverket ebXML.

Departementet føreslår å vidareføre tilskotet i 2007 på same nivå som 2006, dvs. 1,4 mill kroner.

Post 71 Tilskot til Norsk senter for informasjonssikring, kan overførast

Norsk senter for informasjonssikring (NorSIS) vart, etter forsøksverksemd i tre og eit halvt år, etablert på permanent basis i Gjøvik kunnskapspark AS og Bluelight/NISlab ved Høgskolen i Gjøvik frå 1. januar 2006.

NorSIS har som overordna mål å betre tryggleiken for informasjons- og kommunikasjonsteknologi i samfunnet generelt og gjere den mindre sårbar. NorSIS driv kompetanseutvikling, informasjonsutveksling, og rådgiving av førebuande art. NorSIS si målgruppe er primært små og mellomstore verksemder i privat sektor, og offentleg sektor medrekna kommunane. Det er ein føresetnad at all informasjon frå NorSIS skal vere «open», og at alle samfunnsgrupper skal kunne nyttiggjere seg NorSIS sine tenester (web, rettleiingar, rapportar, kurs, konferansar med meir).

NorSIS sine aktivitetar skal vere med på å fremje ein tryggleikskultur hos brukarar av informasjonssystem og nettverk m.a. gjennom auka merksemd kring risikoar, rutinar, tiltak og prosedyrar. Vidare skal senteret sine aktivitetar vere med på å skape tillit hos alle brukarar av informasjonssystem og nettverk. NorSIS skal skape medvit om truslar og misbruksfare, opplyse om sikringstiltak og påverke til gode haldningar.

Resultatrapport

NorSIS utarbeider jamleg ein oppdatert rapport, mellom anna ei skildring av trendar og nye farar for datamisbruk. Rapporten byggjer på internasjonale kjelder og eigne kontaktnett. NorSIS har ei eiga webteneste - www.norsis.no - der senteret jamleg legg ut dokumentasjon om dei mest aktuelle truslane som rettar seg mot norske IKT-system. Websida vert tilførd stadig fleire aktuelle fagartiklar og rettleiingar. NorSIS forvaltar to varslingslister - ei for varsling av nye truslar og sårbare data, og ei for meir generell informasjon. Varslingstenesta har vore operativ sidan våren 2004.

Mål og strategiar

NorSIS skal saman med Norwegian Computer Emergency Response Team (NorCERT) i Nasjonalt tryggingsorgan (NSM) spele ei viktig rolle i samband med nasjonal koordinering av varsling og rådgiving for informasjonstryggleik. NorSIS skal gjennom sitt arbeid mellom anna:

  • Skape medvit om informasjonstryggleiksproblem.

  • Spreie kunnskap om sårbare data og risikoar for å auke medvitet om trongen for god informasjonstryggleik.

  • Etablere og vidareutvikle arenaer for informasjonsutveksling om informasjonstryggleik på tvers av sektorar.

  • Utarbeide råd og rettleiingar samt gi informasjon om konkrete tiltak med tanke på å førebu eller oppdatere system og nettverk mot ulike truslar.

  • Knyte kontakt med tilsvarande kompetansemiljø nasjonalt og internasjonalt.

NorSIS vil i si verksemd ha samvirke med fleire sektorstyresmakter medrekna Post- og teletilsynet. Fornyings- og administrasjonsdepartementet forventar at NorSIS avstemmar bevisstgjeringsaktivitetane sine på informasjonstryggleiksområdet mot dei andre aktørane slik at ein oppnår best mogleg ressursbruk på dette området.

Det er eit delmål at Fornyings- og administrasjonsdepartementet med sitt tilskot til NorSIS skal stimulere til og utløyse meir informasjonstryggleiksarbeid i næringslivet. Tiltak i NorSIS regi kan foredlast slik at dei på sikt kan opne for ny næringsverksemd og nye arbeidsplassar innan informasjonstryggleiksfeltet.

Kap. 1509 Internasjonalt samarbeid og utviklingsprogram

 

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2005

Saldert budsjett­ 2006

Forslag 2007

70

Tilskot , kan overførast

3 893

7 500

10 500

Sum kap. 1509

3 893

7 500

10 500

Budsjett

Post 70 Tilskot, kan overførast

Allmenn omtale

Alle program som vert dekte av denne løyvinga, er program i regi av EU som Noreg deltek i som ledd i EØS-avtalen og som er relaterte til utvikling av informasjonssamfunnet og elektronisk forvaltning. Løyvinga dekkjer programkontingentar og andre utgifter til følgjande EU-program:

  • eTEN (Digitale transeuropeiske nettverk)

  • Modinis (Utvikling og overvaking av informasjonssamfunnet)

  • IDABC (Elektroniske tenester mellom forvaltning, næringsliv og borgarar

  • ENISA (Europeisk nettverks- og informasjonstryggleiksbyrå)

Noregs deltaking i det omfattande europeiske samarbeidet på IKT-området, irekna statistisk samarbeid og politiske samarbeidsarenaer er knytt til desse programma. Løyvinga dekkjer òg tilskot til andre IKT-relaterte aktivitetar og samarbeidsområde knytte til dei ulike programma, samt dekning av utgifter til nasjonale ekspertar og nasjonale oppfølgingsaktivitetar.

Frå 2007 vil eTEN og Modinis verte førte inn under eit nytt rammeprogram for konkurranseevne og innovasjon (Competitiveness and Innovation Framework Programme - CIP). CIP-programmet er eit omfattande program som legg opp til samlande grep i forhold til realisering av Lisboa-prosessen. Ei deltaking i CIP-programmet vil krevje høgare utgifter enn det som no vert nytta til eTEN og Modinis. Det er i løyvingsforslaget ikkje budsjettert med deltaking i CIP- programmet.

Utvikling og overvaking av informasjonssamfunnet (MODINIS) (2003-2006)

Mål og strategiar

Føremålet med MODINIS er å leggje til rette for initiativ til oppfølging og verkjeleggjering av måla i eEuropa og å overvake utviklinga av informasjonssamfunnet innan ramma av ulike IKT-initiativ. Sjølv om programmet formelt vert avvikla i 2006, vil det i 2007 komme kostnader til avslutning av programmet.

Resultatrapport 2005

I 2005 fokuserte MODINIS på å utvikle erfaringsgrunnlag og erfaringsoverføring mellom landa innan ramma av IKT-politikken. Gjennom arbeidet med referansetesting i tilknyting til handlingsplanen eEuropa 2005 vart det gjennomført nasjonale undersøkingar om IKT-utviklinga i Noreg samanlikna med landa i EU, m.a. vart det satt i verk felles årlege europeiske undersøkingar om bruk av IKT i hushald og i næringsliv innan ramma av dei nasjonale statistikkbyråa.

Digitale trans-europeiske nettverk (eTEN) (2004-2006)

Mål og strategiar

eTEN er EU sitt program for å fremje telekommunikasjonsbaserte nettverk basert på elektroniske tenester med ein europeisk dimensjon. Programmet fokuserer på offentlege tenester, og då spesielt på område der EU har ein komparativ fordel. Programmet finansierer utvikling og implementering av nettbaserte tenester retta mot befolkning og næringsliv i Europa innanfor tema som eHealth, eGovernment, eLearning, inkludering, tryggleik og små og mellomstore bedrifter.

For å hjelpe til at aktuelle norske miljø kan dra nytte av programmet og medverke til norsk utteljing i prosjektløyvinga, har Fornyings- og administrasjonsdepartementet bedt Noregs forskingsråd vere nasjonalt kontaktsenter for programmet. Kontaktpunktet er lagt til Høykom-sekretariatet.

Norsk deltaking har vore basert på medfinansiering av kontingenten og andre programkostnader mellom Samferdselsdepartementet og Fornyings- og administrasjonsdepartementet. Programdeltakinga medfører også dekning av ein nasjonal ekspert i Europakommisjonens generaldirektorat for Informasjonssamfunnet og dekning av oppfølgingsaktivitetar nasjonalt. Sjølv om programmet formelt vert avvikla i 2006, vil det i 2007 komme monalege kostnader til avslutning av programmet.

Resultatrapport

Noreg deltok ikkje i programmet før i 2006.

ENISA

Det europeiske nettverks- og informasjonstryggleikbyrået (ENISA) vart formelt oppretta i mars 2004. ENISA sitt føremål er å betre EU si evne til å adressere og respondere på nettverks- og informasjonstryggleiksproblem. Byrået har ein rådgivande funksjon og inga avgjerdsmyndigheit. Meir konkret skal ENISA samle informasjon på området, følgje utviklinga knytt til standardisering, hjelpe til bevisstgjering og fremje samarbeid mellom ulike aktørar innanfor nettverks- og informasjonstryggleik. Noreg deltek i ENISA sitt Management Board med representantar frå Fornyings- og administrasjonsdepartementet og Samferdselsdepartementet. Dei årlege kostnadene for deltaking i ENISA vert delte likt mellom dei to departementa.

Elektroniske tenester mellom forvaltning, næringsliv og borgarar (IDABC) (2005-2009)

Mål og strategiar

IDABC (Interoperable Delivery of European eGovernment Services to public Administrations, Businesses and Citizens) skal fremje elektroniske tenester mellom forvaltningane, næringsliv og borgarar. Programmet er det tredje i rekkja og skal vare ut 2009. Noreg deltek i programmet frå og med 2006.

IDABC varetek infrastruktur og standardar for utveksling av informasjon innan offentleg forvaltning og med næringsliv og borgarar. Programmet set normer for samhandlinga innan EU/EØS og medverkar til fellesløysingar på fleire sektorspesifikke område, medrekna forbetringar av den indre marknaden, utvikling innan Schengen-samarbeidet, oppfølging av asylpolitikk og forbetringar på ei rekkje område som skal gi tryggleik og effektivitet innan helse, arbeidsmarknad, miljø o.a.

I IDABC-programmet vert det lagt opp til å fjerne hindringar for elektronisk kommunikasjon mellom offentlege styresmakter på alle nivå, i tillegg til mellom verksemder og borgarar. I programmet vert det lagt til grunn at betre yting av eforvaltingstenester gjer det mogleg for verksemder og borgarar å kommunisere aktivt med offentlege styresmakter utan å ha IKT-dugleik eller kunnskap om korleis offentlege styresmakter er organiserte på førehand. Vidare vil Noreg delta i aktuelle arbeidsgrupper og utviklingsprosessar som også har samanheng med prioriterte område i eNoreg 2009, medrekna IT-arkitektur som skal leggje til rette for digital samhandling i og med offentleg sektor, bruk av opne IT-standardar og open kjeldekode, arbeid med informasjonstryggleik og felles tiltak for sikker kommunikasjon mellom forvaltningane og EU sentralt.

IDABC er ei vidareføring av tidlegare IDA-program med prosjekt som støttar mange politikkområde i EØS-samarbeidet. Tidlegare IDA-program er vortne evaluerte og framheva som nokre av EUs mest vellykka program. Det er ønskjeleg at dei gode resultata vert vidareførde og nytta om att på nye område med IDABC. IDABC-programmet støttar utviklinga av e-forvaltingstenester og underliggjande infrastruktur på to måtar:

Programmet støttar prosjekt av felles interesse som skal gjennomførast av Fellesskapet og medlemsstatane i samarbeid. Prosjekta skal medverke til vidare utvikling av dei felleseuropeiske offentlege tenestene på ei rekkje politikkområde.

IDABC (2005-2009) har eit EU-budsjett på 148,7 millionar euro. Noreg deltek i programmet frå 2006 og medverkar med eit tillegg på ca. 2 pst. for dei attverande åra, dvs. totalt om lag 20 mill. kronar. Finansiering av den norske deltakinga vil vere basert på inntil halvparten finansiering frå FAD, dvs. i underkant av 3 mill. kroner per år. Den resterande løyvinga er ei medfinansiering frå dei berørte departementa, mellom anna AID, JD, FIN, HOD, LMD, NHD, SD, KD, BLD og UD.

Resultatrapport

Noreg har delteke i tidlegare IDA-program sidan 1997 og ytt til ei rekkje endringsprosessar som over tid vedkjem dei fleste samarbeidsområda i EØS.

Det føregåande IDA-programmet vart avslutta i 2004.

Budsjett

Det vert foreslått ei løyving på totalt 10,5 mill. kronar for å dekkje utgifter ved sluttføring av MODINIS og eTEN pluss norsk deltaking i EU-programmet IDABC og EU-byrået ENISA. Løyvinga vil dekkje estimert årskontingent for norsk deltaking, utgifter til nasjonale ekspertar ved Europakommisjonen og nasjonal oppfølging.

Programkategori 01.10 Fylkesmannsembeta

Utgifter under programkategori 01.10 fordelte på kapittel

 

(i 1 000 kr)

Kap.

Nemning

Rekneskap 2005

Saldert budsjett­ 2006

Forslag 2007

Pst. endr. 06/07

1510

Fylkesmannsembeta

1 299 034

1 047 920

1 089 484

4,0

Sum kategori 01.10

1 299 034

1 047 920

1 089 484

4,0

Inntekter under programkategori 01.10 fordelte på kapittel

 

(i 1 000 kr)

Kap.

Nemning

Rekneskap 2005

Saldert budsjett­ 2006

Forslag 2007

Pst. endr. 06/07

4510

Fylkesmannsembeta

288 008

14 189

14 728

3,8

Sum kategori 01.10

288 008

14 189

14 728

3,8

Hovudmål for fylkesmannsembeta

Fylkesmannen skal setje i verk statleg sektorpolitikk lokalt og regionalt - rettsleg korrekt, heilskapleg og samordna.

For å nå dette målet har Fylkesmannen myndigheit på fleire sentrale politikkområde som skal sjåast i samanheng. Fylkesmannen har ein særleg viktig funksjon i grenseflata mellom statleg sektorpolitikk og kommunalt sjølvstyre, og mellom kommunane og innbyggjarane.

Politikkområda omfattar oppgåver frå til saman 12 departement. Fagområda er nærmare omtalte i fagproposisjonane til dei respektive departementa.

I arbeidet med å setje i verk politikken til Regjeringa, skal Fylkesmannen vareta fleire funksjonar:

  • bindeledd og samordnar mellom stat, kommune og innbyggjarar

  • utøving av myndigheit, rettstryggleiks- og kontrollfunksjon

  • fornyings- og utviklingsverksemd

Regjeringa arbeider med ei forvaltningsreform som vil få innverknad for Fylkesmannens rolle og oppgåver i framtida. Hovudmåla for Fylkesmannen ligg likevel fast for 2007.

Figur 2.1 Årsverk fordelte etter departementsområde.
 Kjelde Fylkesmannsembeta. Data frå haust 2005, før
 endringane i departementsinndelinga vart sette i verk.

Figur 2.1 Årsverk fordelte etter departementsområde. Kjelde Fylkesmannsembeta. Data frå haust 2005, før endringane i departementsinndelinga vart sette i verk.

Boks 2.1 Fylkesmannsembeta

  • Utfører oppgåver for 12 departement og 6 direktorat/tilsyn.

  • Har om lag 2268 tilsette som utfører om lag 2107 årsverk.

  • 9 av 18 fylkesmenn er kvinner, mens 34 prosent av anna leiing i fylkesmannsembeta er kvinner.

  • Har ei gjennomsnittleg sakshandsamingstid for klagesaker etter sosialtenestelova i 2005 på 1,6 månad mot 2,1 månad i 2004.

  • Har ei gjennomsnittleg sakshandsamingstid for klagesaker etter plan- og bygningslova på 2,6 månader i 2005 mot 3,6 månader i 2004.

Bindeledd og samordnar mellom stat, kommune og innbyggjarar

Fylkesmannen skal formidle heilskapleg statleg politikk og forventningar til kommunane, på tvers av alle politikkområda. I den samanheng er Fylkesmannen bindeledd og samordnar mellom staten og kommunane og skal òg vere meklar mellom ulike statlege sektorar, kommunar og fylkeskommunar.

Fylkesmannen har ansvar for å hjelpe til med kunnskap om bruk av lover og å gi rettleiing om generell sakshandsaming slik at kvaliteten vert sikra. Fylkesmannen er ein sentral informasjonskanal frå kommunane og innbyggjarane tilbake til staten og dei einskilde departementa.

Fylkesmannen skal medverke til utveksling av erfaringar med samhandling mellom den kommunale helse- og sosialtenesta og spesialisthelsetenestene. Fylkesmannen skal medverke til at gode løysingar vert gjort kjende, og skape møteplassar som stimulerer til auka samarbeid på tvers av sektorar og fagområde.

Oppvekst og levekår for barn og unge har stor innverknad på deira fysiske, psykiske og sosiale utvikling. Gjennom ansvaret for samordning, skal Fylkesmannen rådgi og motivere kommunane til samarbeid mellom tenester og ulike institusjonar som arbeider for og med barn og unge og deira familiar. Dette gjeld mellom anna helsestasjonar, barnehagar, skoler, barnevern og ulike frivillige organisasjonar.

Fylkesmannen sine oppgåver i samband med kommune- og fylkesplanlegginga er sentrale verkemiddel for formidling av statleg sektorpolitikk på viktige område. Samstundes skal Fylkesmannen fremje heilskapleg statleg politikk i planleggingsarbeidet og medverke med heilskapleg formidling av statleg arealpolitikk slik at dei nasjonale måla for lokal og regional omstilling og utvikling på einskildområde er i samsvar med andre nasjonale mål. I høve til innbyggjarane og næringslivet skal Fylkesmannen som klageinstans sikre at kommunale planvedtak prosessuelt og innhaldsmessig er i samsvar med plan- og bygningslovgivinga og nasjonale interesser.

Fylkesmannen har ansvar for å samordne samfunnstryggleiksarbeidet i fylket. Fylkesmannen arbeider nært med andre statlege etatar og Forsvaret på dette området. Fylkesmannen er rettleiar for kommunane i deira arbeid og skal vere budd på å ha ei samordningsrolle regionalt i tilfelle ei krise skulle oppstå.

Utøving av myndigheit, rettstryggleiks- og kontrollfunksjonen

Fylkesmannen er forvaltnings- og tilsynsstyresmakt etter fleire lover. Fylkesmannen skal føre tilsyn med at kommunane og andre offentlege og private verksemder etterlever nasjonalt regelverk. Fylkesmannen er vidare ein viktig rettstryggleiksinstans for innbyggjarane i klagesaker der kommunane fattar rettsleg bindande vedtak. Innbyggjarane skal oppleve Fylkesmannen som ein uhilda instans som vektlegg rettstryggleik som grunnlag for vedtaka sine.

Fylkesmannsembeta har redusert sakshandsamingstida for klagesaker etter sosialtenestelova og plan- og bygningslova, jamfør boks 2.1. Rask handsaming av klagesaker er viktig for rettstryggleiken. Fylkesmennene skal difor også i 2007 halde fram med arbeidet for ei sakshandsamingstid på under tre månader på desse områda.

Fylkesmannen har ei omfattande og viktig oppgåve med å føre tilsyn på ulike samfunnsområde som er viktige for den einskilde innbyggjar sin velferd, helse og tryggleik og for miljøtilhøva i fylket.

For å utøve tilsyn og kontroll med at verksemdene følgjer lover og reglar, nyttar fylkesmennene seg av ulike metodar overfor ulike tilsynsobjekt og tenesteområde. Det er eit mål at Fylkesmannen skal utvikle ei størst mogleg samordna tilsynsverksemd og -metode. Regjeringa har i Ot.prp. nr. 97 (2005-2006) fremja forslag til nye lovreglar i kommunelova om statleg tilsyn. Forslaget føreset mellom anna at Fylkesmannen får ei lovfesta rolle som samordnar av alt statleg tilsyn overfor kommunane. Proposisjonen er no til handsaming i Stortinget.

Fornyings- og utviklingsverksemd

Fylkesmennene skal stimulere til lokalt omstillings- og fornyingsarbeid og medverke til å skape ein kultur for omstilling i kommunane. Fylkesmennene sitt arbeid med omstilling og fornying må òg sjåast i samband med arbeidet knytt til rettleiing, samordning, skjønnstildeling og likestilling.

Fylkesmannen er Regjeringas viktigaste samarbeidspartnar for oppfølging av nasjonal landbrukspolitikk, både regionalt og lokalt. Fylkesmannen medverkar i arbeidet med å leggje til rette for utvikling av ny næringsaktivitet og medverke til busetnad, samt vareta eit levande landbruk i heile landet. Vidareutvikling og styrking av kommunane si rolle som landbrukspolitisk aktør og som ein pådrivar innan nærings- og samfunnsutvikling er framleis eit prioritert område for Fylkesmannen. I dette arbeidet skal Fylkesmannen medverke til at landbruk vert definert breitt, samt at landbruk vert sett i samanheng med Regjeringa si satsing elles på kommunane som samfunnsutviklar. Fylkesmannen skal vidareutvikle si strategiske rolle i landbrukspolitikken ved å samordne og følgje opp nasjonale og regionale strategiar innan næringsutvikling og miljøtiltak.

Arbeidet med lokalt miljøvern skal styrkjast. Regjeringa ser dette i samanheng med fornyingsarbeidet i kommunal sektor med sterkare fokus på kommunane si rolle som samfunnsutviklar. Ein forventar at Fylkesmannen medverkar i gjennomføringa med fagleg støtte og deltaking i nettverkssamarbeid, rettleiing og kompetanseutvikling.

Handlingsplan for auka tilkomst gjennom universell utforming gjeld for perioden 2005 - 2009. Fylkesmannen skal integrere universell utforming som strategi i si verksemd og særleg leggje vekt på å rettleie kommunane om universell utforming på alle relevante politikkområde.

For å betre grunnlaget for avgjerder internt i forvaltninga, styrkje rettstryggleiken og utvikle kontakten med brukarane, skal embeta i større grad bruke stadfesta informasjon (kart) og geografiske informasjonssystem i arbeidet, jf. St.meld. nr. 30 (2002-2003) Norge digitalt - et felles fundament for verdiskaping. Det er ein føresetnad at Fylkesmannen og fylkeskartkontora samarbeider, slik at kommunar og andre brukarar opplever ein heilskapleg regional kartpolitikk.

Dei neste tiåra vil Noreg oppleve demografiske endringar med ei gradvis aldrande befolkning. Fylkesmannen skal førebu kommunane på dei auka oppgåvene dette kan føre til på helse- og sosialtenesta sitt område og sørgje for at dette vert sett på dagsordenen i kommunal planlegging. Fylkesmannen skal gi råd og stimulere til auka brukarstyring og aktiv deltaking frå dei eldre.

Regjeringa legg vekt på å betre barneverntenesta si evne til å setje inn eigna hjelpe- og omsorgstiltak for barn som vert utsette for omsorgssvikt og mishandling. Fylkesmannen skal gjennom sin kontakt med kommunane stimulere til nytenking, organisasjons- og tiltaksutvikling og gi generelle råd i samband med interkommunalt samarbeid. I samband med innføringa av plikt til internkontroll i kommunane sine barneverntenester, skal Fylkesmannen yte særskilt rådgiving til kommunane.

Fylkesmannen skal delta i NAV-reforma i samarbeid med Arbeids- og velferdsetaten i fylket. Fylkesmannen si rolle er særleg knytt til kompetanseutvikling i sosialtenesta og å medverke til samordning av relevante tenester i høve til arbeids- og velferdsforvaltinga.

Oppgåver på dei einskilde politikkområda

Velferd, helse og personleg tenesteyting

Fylkesmannen skal føre tilsyn med at innbyggjarane får den behandlinga av kommunane som dei i følgje lov o.a. har krav på innan barnevern, rusomsorg, helse- og sosialtenester og utdanning. Fylkesmannen skal føre tilsyn med at både kommunale og andre verksemder, mellom anna helseføretaka, rettar seg etter dei plikter som følgjer av lovene. Dette er ikkje minst viktig når det gjeld likeverdige tenester overfor samane. Fylkesmannen skal i 2007 gjennomføre landsomfattande tilsyn med avlastnings- og støttekontakttenester etter sosialtenestelova. Fylkesmannen og Helsetilsynet i fylket skal saman gjennomføre landsomfattande tilsyn med kommunale helse- og sosialtenester til vaksne med psykiske lidingar. Helsetilsynet i fylket skal gjennomføre landsomfattande tilsyn med kvalitet og forsvarleg tenesteyting i akuttmottak i somatiske sjukehus.

Vidare skal Fylkesmannen medverke til samordning av ulike politikkområde som har innverknad på folkehelsa, syte for fagleg rådgiving og rettleiing i folkehelsespørsmål regionalt og lokalt, og delta aktivt i den regionale partnarskapen for folkehelse.

Fylkesmannen skal arbeide med rettleiing innanfor pleie- og omsorgstenestene og sørgje for at framtidas omsorgstenester vert sette på dagsordenen i kommunane i 2007. Å medverke til at kommunane møter dei nye brukarane av omsorgstenestene med større tverrfagleg breidd og ei meir aktiv omsorg, er særs viktig. Fylkesmannen skal medverke til at opptrappingsplanen for psykisk helse vert gjennomførd i tråd med måla. I dette arbeidet er det viktig å sikre at kommunane set i verk tiltak og arbeidsmåtar som kan verke etter at planperioden er over etter 2008. Fylkesmannen skal òg hjelpe kommunane med å setje i verk oppgåver knytte til Opptrappingsplan rus.

Fylkesmannen skal vere med i utviklinga av kompetanse og kvalitet i sosialtenesta og leggje til rette for utvikling av bustadsosialt arbeid, rettleiing i personleg økonomi og andre oppgåver i kommunane knytte til innsatsen mot fattigdom.

Regjeringa og KS har inngått ein ny avtale om kvalitetsutvikling i dei kommunale helse- og sosialtenestene. Fylkesmannen skal følgje opp samarbeidsavtalen lokalt og vil ha ei viktig oppgåve med å gjere innhaldet og tiltaka i den nye avtalen kjende i kommunane.

Oppvekst, barnehagar, utdanning og likestilling

Målet for Regjeringa er full barnehagedekning i løpet av 2007. Det krev ei intensiv satsing frå fylkesmennene i arbeidet som pådrivar og rettleiar overfor kommunane. Regjeringa har sett i verk ein omfattande plan for kompetanseutvikling i barnehagesektoren. Fylkesmennene får særskilde ressursar over Kunnskapsdepartementets budsjett for å drive utviklingsarbeid i samsvar med overordna mål på feltet. Fylkesmannen skal føre tilsyn med at kommunen utfører dei oppgåver den er pålagd som barnehagemyndigheit. Føremålet er å sikre at barnehagelova sine krav vert oppfylte og å medverke til å sikre kvaliteten på barnehagetilbodet.

Tilsyn skal vere hovudoppgåva for Fylkesmannen på utdanningsområdet. Dette skal medverke til at grunnopplæringa vert gjennomført i samsvar med opplæringslova og friskolelova med tilhøyrande forskrifter. Fylkesmannen skal rette særleg merksemd mot skolar og skoleeigarar der det er grunn til å tru at rettane til elevane ikkje er oppfylte. Fylkesmannen skal gjennomføre nasjonalt tilsyn med felles metodikk (systemrevisjon) på utvalde område innanfor utdanningssektoren. Innanfor grunnopplæringa skal Fylkesmannen òg følgje opp reforma Kunnskapsløftet, særleg på områda nasjonale prøver, kompetanseutvikling for lærarar og arbeid i samband med nye læreplanar.

Fylkesmannen skal medverke til at kommunane set i verk ordningane i introduksjonslova om introduksjonsprogram og opplæring i norsk og samfunnskunnskap for nykomne innvandrarar ved å informere om dei økonomiske og juridiske rammevilkåra. Fylkesmannen vil og få oppgåver knytte til norskopplæring for asylsøkjarar, som vil verte gjeninnført i løpet av 2007

Innan området familierett har Fylkesmannen sakshandsamings- og informasjonsoppgåver etter ekteskapslova og barnelova. Fylkesmannen skal følgje opp at meklingsordninga fungerer tilfredsstillande og føre tilsyn med familievernkontora. Etter gjennomgang av retningslinjer og rutinar, vil det i 2007 bli sett i verk tiltak for å gjere tilsynet meir målretta, einsarta og samordna.

Fylkesmannen skal oppfylle krava i lovverket om individretta og systemretta tilsyn i offentlege og private barnevernsinstitusjonar. Det er viktig at rettstryggleiken for barn og unge vert sikra i samsvar med regelverket og at fylkesmennene prioriterer samtalar med, kontroll og oppfølging av barn og unge. I 2007 vil revisjonsopplæring, tilsynsforumet og landsomfattande tilsyn med utvalde område verte vidareført. Fylkesmannen skal rettleie og følgje opp kommunane i deira arbeid med å betre rutinane og prosedyrane i samband med at ein introduserer nye rutinehandbøker og rettleiarar i den kommunale barneverntenesta. Fylkesmennene skal òg halde naudsynt oversikt over utviklinga i kommunane, og syte for at feil og manglar vert retta opp.

Fylkesmannen skal arbeide aktivt og målretta for å fremje likestilling og påverke kommunane til det same på alle politikkområda. Det vil difor framleis bli arbeidd med informasjonstiltak lik dei som vert gjennomførte i 2006.

Arealdisponering og byggjesaker

Fylkesmannen har særskilt ansvar for at nasjonal politikk vert formidla og teke vare på i handsaminga av kommunale og regionale planar. Planlegginga skal medverke til å utvikle eit samfunn som tek vare på viktige felles verdiar og grunnleggjande levevilkår for ulike grupper innan rammene av ei berekraftig utvikling. Fylkesmannen skal gi kommunar og fylkeskommunar eit samordna og heilskapleg bilete av staten sine forventningar og krav til planlegginga. Regjeringa ønskjer vidare at Fylkesmannen medverkar til å forsterke måloppnåing og til å synleggjere kommunane sitt handlingsrom på plan- og miljøområdet gjennom kompetanseoppbygging overfor prioriterte kommunar.

Fylkesmannen skal samordne statlege interesser og er ansvarleg for at regional stat medverkar i regionale planprosessar og i gjennomføring av godkjende planar. Fylkesmannen skal òg medverke til samspel og synergi mellom eigne mål og måla innan andre sektorar. Fylkesmannen og regionale statsetatar skal delta i ulike partnarskap for å stimulere den regionale utviklinga.

Fylkesmannen skal leggje til rette for verdiskaping, næringsutvikling, gode bustadar og bumiljø, og gode oppvekst- og levekår i alle delar av landet. Arbeidet skal samstundes fremje folkehelse og samfunnstryggleik og sikre vern av verdifulle natur- og kulturmiljø, jordbruksareal, landskap og viktige kvalitetar i omgivnadene. Fylkesmannen skal i 2007 vere særleg merksam på:

  • at kommunane tek omsyn til tryggleik og beredskap i planlegginga. I 2007 skal Fylkesmannen i det førebyggjande arbeidet med samfunnstryggleik i arealplanlegginga leggje særleg vekt på tiltak som reduserer konsekvensar av ekstremhendingar som storm, ras, skred og flom. Nye utfordringar gjer det også naudsynt å vurdere nye premissar for arealplanlegging. Kommunane skal oppfordrast til å sjå på regulerte område på nytt.

  • arealbruken i strandsona og i fjellområda, som i fleire delar av landet er truga av ei bit-for-bit nedbygging. Fylkesmannen skal føre ein streng praksis ved handsaming av plansaker i slike område. Regjeringa legg opp til ein differensiert strandsonepolitikk med eit strengare vern i område der det er sterk konkurranse om areala.

  • at bevaring av viktige landbruksområde er sett på den politiske dagsordenen i kommunane. Fylkesmannen skal støtte og gi råd til kommunane i arbeidet med å registrere og prioritere viktige område for jordbruk og kulturlandskap. Målet er å halvere den årlege omdisponeringa av viktige jordressursar innan 2010 i forhold til den gjennomsnittlege omdisponeringa dei siste 10 åra. Arbeidet skal òg medverke til å ivareta spesielt verdifulle kulturlandskap. For å nå dette målet kan Statens Landbruksforvaltning fremje motsegn mot kommunale arealplanar etter plan- og bygningslova i saker der Fylkesmannen har innstilt på bruk av motsegn og fylkeslandbruksstyret ikkje følgjer innstillinga.

  • at måla i Regjeringa si satsing på kulturlandskapet vert nådd. Satsinga skal hindre gjengroing ved både auka og meir målretta beiting, samt skjøtseltiltak tilpassa dei ulike miljøverdiane. I den samanheng har Regjeringa starta eit arbeid med å dokumentere og peike ut spesielt verdfulle kulturlandskap. Dokumentasjon og oppdrag for Fylkesmannen vil liggje føre 01.03.2007.

  • å leggje til rette for ein differensiert arealpolitikk for å oppretthalde og auke busetjinga i distrikta, jf. St. meld. nr. 21 (2005-2006) Hjarte for heile landet.

  • å halde fram arbeidet for ein raskare og meir effektiv byggesaksprosess. Dette gjeld både for eiga handsaming av klagar og i forhold til kommunane si sakshandsaming. I samband med dette skal Fylkesmannen òg ta i bruk kartintegrasjon i sak- og arkivsystemet.

Dei nasjonale måla for bygningspolitikken skal verte varetekne og formidla. Dette inneber å arbeide for auka kvalitet i byggverk med omsyn til estetikk, helse, miljø, tryggleik, bruk og tilkomst. Arbeidet skal vere basert på prinsippa som gjeld for universell utforming.

Landbruksbasert næringsutvikling, naturressursforvaltning og miljøvern

Regjeringa har som mål å stanse tapet av biologisk mangfald innan 2010. Fylkesmannen skal gjennom sitt arbeid medverke til å nå målet ved å sikre verdiar som er viktige for ivaretaking av naturressursar og livsmiljø.

Ny nasjonal strategi for landbruksbasert næringsutvikling skal ferdigstillast innan utgangen av 2006. Fylkesmannen skal følgje opp endringane i den regionale strategien for næringsutvikling og skal gjennom sitt strategiarbeid målrette næringsutviklingsarbeidet og miljøarbeidet i fylket.

Fylkesmannen skal medverke i Regjeringas satsing på økologisk landbruk, der målet er at 15 pst. av produksjonen og forbruket skal vere økologisk innan 2015. Fylkesmannen skal og medverke til at dei nasjonale strategiane for auka avverking og skogbruksbasert verdiskaping, og Regjeringas satsing på bioenergi vert nådde.

Det skal etablerast eit utviklingsprogram for Grønt reiseliv i Noreg. Innovasjon Noreg skal ha disponerings- og koordineringsansvar for utviklingsprogrammet i samarbeid med Fylkesmannen.

Innan naturforvaltning og forureining skal Fylkesmannen m.a.:

  • medverke til auka samordning av landbrukspolitiske og miljøpolitiske verkemiddel i område der det kan oppstå konflikt mellom beiteinteresser og vern av rovvilt. Fylkesmannen må sikre ei god oppfølging av rovviltnemndene. I område der det vert utøvd reindrift, skal Fylkesmannen sjå til at reindrifta sine interesser vert vurderte og varetekne.

  • arbeide med lakseforvaltning og medverke i implementeringa av ordninga med nasjonale laksevassdrag og laksefjordar.

  • delta i landsomfattande aksjonar, og følgje opp industriverksemder og avfallsanlegg innan sitt myndigheitsområde som eit ledd i styrkinga av tilsynet med prioriterte helse- og miljøfarlege kjemikaliar og farleg avfall.

  • vidareføre karakteriseringa av vassførekomstane og arbeide med tiltaksprogram og forvaltningsplan for vassregionen, samt opprette og leie vassregionutval. Fylkesmannen vert styrkt med særskilte midlar over Miljøverndepartementets budsjett i oppstartsfasen.

  • følgje opp og setje i verk tiltaksplanar for forureina sediment, og vidareføre arbeidet med grunnforureining og nedlagde avfallsdeponi.

  • oppretthalde tempoet i verneplanarbeidet, skogvern og tilhøyrande forvaltningsoppfølging.

Samfunnstryggleik og beredskap

Fylkesmennene har ei rekkje oppgåver som er viktige for å følgje opp samfunnstryggleiks- og beredskapsarbeidet lokalt, regionalt og internt ved embeta. Ved større kriser skal Fylkesmannen vareta det regionale krisehandteringsansvaret, spesielt knytt til samordna varsling og rapportering.

Fylkesmannen skal rettleie kommunane i det førebyggjande samfunnstryggleiksarbeidet, t.d. gjennomføring av risiko- og sårbarheitsanalysar og øvingar i krisehandtering.

Regjeringa vil utvikle helse- og sosialberedskapen ved å styrkje beredskapen mot atom-, biologiske og kjemiske hendingar og arbeide for ei trygg og robust forsyning i helse- og omsorgstenesta. Fylkesmannen har ansvar innan atomberedskapen, jf. ny kgl. res. av 17. februar 2006 om Atomberedskap - sentral og regional organisering.

Fylkesmannen skal følgje opp og sjå til at kommunane har planar etter lov om helse- og sosial beredskap og smittevernlova. Fylkesmannen skal i 2007 særleg prioritere å:

  • følgje opp tiltak i Nasjonal beredskapsplan for pandemisk influensa.

  • sjå til at kommunane utviklar kvaliteten på sine tiltak og beredskapsplanar, og betrar samhandlinga innan helse- og omsorgssektoren og overfor andre sektorar.

  • sjå til at eiga verksemd og kommunane utviklar kompetanse og ferdigheiter, gjennom deltaking i øvingsverksemd.

Rapport 2005 

Arbeids- og inkluderingsdepartementet

Fylkesmennene har i 2005:

  • gitt rettleiing og informasjon til sosialtenesta i kommunane.

  • teke del i arbeidet med oppfølging av Tiltaksplan mot fattigdom, jamfør St. meld. nr. 6 (2002-2003).

  • teke del i arbeidet med nedbygging av hinder for personar som har funksjonshemming.

  • teke del i arbeidet med samordning av Aetat, trygdeetaten og kommunesektoren på fylkesnivå gjennom informasjon og aktiv deltaking.

  • informert om dei økonomiske og juridiske rammevilkåra for opplæring i norsk og samfunnskunnskap for vaksne innvandrarar og introduksjonsordninga.

  • handsama 15 klagar på kommunale vedtak etter lov om norskopplæring og introduksjonsordning for nykomne innvandrarar (introduksjonsloven).

  • handsama saker om melding om statsborgarskap.

Barne- og likestillingsdepartementet

Fylkesmennene har i 2005:

  • gjennomført tilsyn med barneverntenesta. Kvaliteten i tilsynsarbeidet har betra seg mellom anna som følgje av auka kompetanse i systemrevisjon. I det individretta tilsynet i institusjonane er måloppnåinga no nær 100 pst. med unnatak av nokre få fylke. Fylka har og følgt godt opp systemrevisjon i institusjonane, men dei kvantitative måla kan enno betrast i dei fleste fylka. Fylkesmennene har gjort ein god innsats i det landsomfattande tilsynet i 2005 som handla om tilsyn med oppnemning av tilsynsførar og utarbeiding av tiltaks- og omsorgsplanar.

  • arbeidd med likestilling. Rapporteringa syner med få unnatak tilfredsstillande resultat når det gjeld det interne arbeidet hos Fylkesmannen. Svært få fylkesmenn har rapportert om eksternt arbeid med likestilling mellom kjønn. For å betre dette vert det utvikla eit nytt opplæringsopplegg i 2005, for gjennomføring i 2006.

Helse- og omsorgsdepartementet

Fylkesmennene har i 2005:

  • gjennomført 160 tilsyn som systemrevisjonar med sosiale tenester. Av dei 160 tilsyna, vart 80 førte felles etter både sosial- og helselovgivinga. I tillegg er det gjennomført 194 tilsyn på staden som gjaldt rettstryggleiken ved bruk av tvang og makt overfor einskildepersonar med psykisk utviklingshemming og 42 tilsyn med rusinstitusjonar.

  • handsama til saman 6021 klagesaker etter sosialtenestelova. Over 90 pst. av sakene blei handsama innan tre månader. Talet på klagesaker innan sosialtenestelova har i fleire år vore stabilt rundt 6-7000.

  • Helsetilsynet i fylket gjennomførte 222 systemrevisjonar, og av dei 69 i spesialisthelsetenesta og 148 i kommunehelsetenesta. I tillegg har Helsetilsynet i fylket avslutta 1965 tilsynssaker og 754 klagesaker om rettar i helsetenesta. Klagar ut frå helselovgivinga viser ein sterk auke knytt til innføring av nye pasientrettar og betre kunnskap om høvet til å klage. Talet på tilsynssaker i Helsetilsynet i fylket har auka med 36 prosent frå 2002 til 2005. Det er store forskjellar i sakshandsamingstidene mellom fylka. I 2005 var forskjellen på om lag 5,5 månader. Dette er ein nedgang på 2 månader frå 2004.

  • medverka til ei styrking av folkehelsearbeidet i fylke og kommunar gjennom fagleg rådgjeving og rettleiing på ulike nasjonale tematiske innsatsområde.

  • medverka til å handheve alkohollova gjennom klagesakshandsaming. I tillegg kjem rådgiving og rettleiing av kommunane knytt til alkohollova.

  • drive rådgiving og informasjonsverksemd overfor helsetenesta, sosialtenesta og pleie- og omsorgstenesta.

  • medverka i arbeidet med Opptrappingsplan for psykisk helse.

  • medverka til gjennomføring av tiltaka i Rekrutteringsplan for helse- og sosialpersonell 2003-2006.

Justisdepartementet

Fylkesmennene har i 2005:

  • arbeidd med systematisk analyse av risiko og sårbare tilhøve i fylket knytt til særskilte risikoområde, aktuelle risikoverksemder, klimatilhøve, kritisk infrastruktur og kritiske samfunnsfunksjonar. Fylkesmennene har planar for å førebyggje eller etablere betre kriseberedskap i høve til funn i analysen.

  • arbeidd med førebyggjande samfunnstryggleik gjennom dialog og informasjon til kommunane, og sett til at kommunane følgjer krav til førebyggjande samfunnstryggleik i kommunale areal- og reguleringsplanar.

  • vore pådrivar og rettleiar i kommunane si heilskapelege og samordna krise- og beredskapsplanlegging.

  • vareteke samordningsansvaret innan regional krisehandsaming gjennom rådgiving og oppdatering av krise- og beredskapsplanar, øvingar i eigen kriseorganisasjon og møte i fylkesberedskapsråda og atomberedskapsutvala.

  • gjennomført øvingar med kriseleiinga i 158 kommunar.

  • gjennomført tilsyn med samfunnstryggleik og beredskap i 96 kommunar.

  • Fylkesmannen i Finnmark var aktivt med under øvinga Barents Rescue.

Kommunal- og regionaldepartementet

Fylkesmennene har i 2005:

  • arbeidd for at statleg forvaltning fungerer mest mogleg samordna i sin dialog med kommunane. Det er likevel store variasjonar når det gjeld korleis embeta arbeider i høve til samordning, og embeta kan i varierande grad vise til konkrete opplegg for samordning.

  • støtta kommunane i omstillings- og moderniseringsarbeid på grunnlag av særskilte midlar frå KRD.

  • rettleidd kommunane i økonomiforvaltninga. Fylkesmennene kontrollerte og godkjende budsjett og låneopptak for kommunar som er førte opp i Register for vilkårsbunden godkjenning og kontroll (ROBEK). Embeta følgde òg opp arbeidet med forpliktande plan for omstilling og kostnadsreduksjonar i ROBEK-kommunane. Andre halvår 2005 var det registrert 89 kommunar i ROBEK.

  • godkjent til saman 175 kommunale garantiar av dei 180 som det vart fatta vedtak om.

  • utført lovlegkontroll av kommunale vedtak. I 2005 blei til saman 99 saker handsama, mens 92 saker blei handsama i 2004. 14 kommunale vedtak vart kjende ugyldige i 2005.

  • handsama i overkant av 3500 klagesaker etter byggjesaksdelen i plan- og bygningslova.

Kunnskapsdepartementet

Fylkesmennene har i 2005:

  • særleg prioritert arbeidet med full barnehagedekning gjennom møte og samlingar med kommunane.

  • arbeidd med å førebu kommunane på ny barnehagelov som tok til å gjelde frå 1.1.2006.

  • gitt informasjon og rettleiing til lokale skoleeigarar, til elevar og foreldre og befolkninga generelt.

  • ført tilsyn og kontroll med at lover og anna regelverk vert følgde, og utført klagehandsaming.

  • følgt opp reforma Kunnskapsløftet.

  • medverka til oppfølging av nasjonale strategiplanar.

  • utført faste oppgåver knytte til eksamen og tilskotsforvaltning.

Landbruks- og matdepartementet

Fylkesmennene har i 2005:

  • arbeidd for å vareta dei nasjonale måla i landbrukspolitikken og vore ansvarlege for gjennomføringa av den nasjonale landbrukspolitikken på regionalt nivå.

  • vore utviklings- og kompetanseorgan på landbruksområdet generelt og vidareutvikla kompetansesenterfunksjonen overfor kommunane.

  • styrkt dialogen med rådmenn og ordførarar og såleis medverka til at landbrukspolitikken i større grad vert sett på den politiske dagsordenen i kommunane.

  • følgd opp dei regionale strategiane for landbruksbasert næringsutvikling og regionale miljøprogram. Innovasjon Noreg, fylkeskommunane, kommunane og næringsorganisasjonane har delteke i arbeidet. Prosessane har skapt engasjement og aktivitet.

  • stimulert til samarbeid og fellestiltak, innovasjon og verdiskaping gjennom nasjonale satsingar som verdiskapingsprogram for matproduksjon og bruk og foredling av trevirke.

  • delteke i arbeidet med å utvikle strategiar for auka avverking i skogbruket.

  • samarbeidd med fylkeskommunar, kommunar og anna statleg forvaltning om utviklingsprosjekt, fylkesplanar, kommuneplanar, landbruksplanar og strategiske næringsplanar.

  • arbeidd for å hindre at kulturlandskap gror igjen og at dyrka jord vert bygd ned, mellom anna gjennom dialog med kommunane og deltaking i planprosessar.

  • hatt eit regionalt ansvar for forvaltning og kontroll av dei direkte tilskota i jord- og skogbruket. Ordningane er ein del av det totale verkemiddelapparatet.

Miljøverndepartementet

Fylkesmennene har i 2005:

  • arbeidd med utvida skogvern og gjennomføring av verneplanar, og arbeidd med forvaltning av verneområda.

  • medverka i arbeidet med implementering av ny rovviltpolitikk og -forvaltning.

  • i aktuelle fylke, medverka i arbeidet med å utrydde lakseparasitten gyrodactulys salaris.

  • formidla og handsama nasjonal politikk og medverka til samordning av statlege interesser i handsaming av kommunale planar.

  • arbeidd med kartlegging av biologisk mangfald i kommunane.

  • teke hand om rolla som forureiningsstyresmakt, både mot næringsliv og kommunale verksemder. Fylkesmannen har mellom anna delteke i tre landsdekkjande og tre regionale kontrollaksjonar. Aksjonane har vist at det framleis er eit stort behov for meir tilsyn, særleg knytt til miljøgifter og farleg avfall.

  • starta arbeidet med EU sitt rammedirektiv for vatn og gjennomført grovkarakteriseringa av vassdrag og kystområde.

  • på ein god måte ferdigstilt grunnforureiningsprosjektet (G2005) i tråd med målsetjinga, mellom anna gitt naudsynte pålegg om tiltak og/eller vidare granskingar.

  • ferdigstilt arbeidet med tiltaksplanar for forureina sediment i dei prioriterte fjordområda.

  • starta arbeidet med å gi nye løyver til dei avfallsdeponia som skal oppretthalde drifta etter 2009 og starta arbeidet med å avslutte dei deponia som ikkje skal drive vidare.

  • arbeidd med å hente inn miljødata og formidle miljøtilstand og utvikling.

  • i aktuelle fylke, teke del i internasjonalt samarbeid.

Kap. 1510 Fylkesmannsembeta

 

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2005

Saldert budsjett­ 2006

Forslag 2007

01

Driftsutgifter

1 045 182

1 033 697

1 074 721

21

Spesielle driftsutgifter

253 852

14 223

14 763

Sum kap. 1510

1 299 034

1 047 920

1 089 484

Budsjett

Post 01 Driftsutgifter

Løyvinga skal dekkje ordinære løns- og driftsutgifter for fylkesmannsembeta. I samband med at det frå 01.01.2007 vert innført eit nytt regelverk med differensiert arbeidsgivaravgift er løyvinga på kap. 1510 justert ned med om lag 6 mill. kroner. Det er overført 3,3 mill. kroner frå kap. 651 post 21 til Fornyings- og administrasjonsdepartementet sitt kap. 1510 post 01. Midla skal gå til å dekkje utgifter knytte til planlegging og gjennomføring av ein frivillig seremoni for nye norske statsborgarar. Seremonien vart innført i samband med ny statsborgarlov i 2006. Seremonien skal markere både symbolsk og faktisk at statsborgaren sluttar seg til dei grunnleggjande verdiane det norske fellesskapet byggjer på, mellom anna gjennom avlegging av truskapsløfte.

Post 21 Spesielle driftsutgifter

I løpet av budsjettåret skal Fylkesmannen utføre oppgåver for andre departement. Det dreier seg mellom anna om handlingsplanar og prosjekt. Embeta får overført midlar frå andre departement sine budsjett via kap. 4510 post 01 inntekter ved oppdrag og post 02 Ymse inntekter for å dekkje inn utgiftene.

Kap. 4510 Fylkesmannsembeta

 

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2005

Saldert budsjett­ 2006

Forslag 2007

01

Inntekter ved oppdrag

15 999

2 180

2 263

02

Ymse inntekter

237 853

12 009

12 465

15

Refusjon arbeidsmarknadstiltak

1 751

16

Refusjon av fødselspengar/adopsjonspengar

10 617

17

Refusjon lærlingar

392

18

Refusjon sjukepengar

21 396

Sum kap. 4510

288 008

14 189

14 728

Post 01 Inntekter ved oppdrag

Det vert vist til omtale under kap.1510 post 21.

Post 02 Ymse inntekter

Det vert vist til omtale under kap.1510 post 21.

Programkategori 01.20 Fellestenester

Utgifter under programkategori 01.20 fordelte på kapittel

 

(i 1 000 kr)

Kap.

Nemning

Rekneskap 2005

Saldert budsjett­ 2006

Forslag 2007

Pst. endr. 06/07

1520

Statskonsult

8 000

9 000

-100,0

1522

Servicesenteret for departementa

386 873

400 829

412 851

3,0

Sum kategori 01.20

394 873

409 829

412 851

0,7

Inntekter under programkategori 01.20 fordelte på kapittel

 

(i 1 000 kr)

Kap.

Nemning

Rekneskap 2005

Saldert budsjett­ 2006

Forslag 2007

Pst. endr. 06/07

4522

Servicesenteret for departementa

89 099

117 595

129 994

10,5

Sum kategori 01.20

89 099

117 595

129 994

10,5

Kap. 1520 Statskonsult

Allmenn omtale

Med verknad frå 01.01.2004 vart Statskonsult endra til eit heileigd statleg aksjeselskap. Det tidlegare Statskonsult sine eigneluter, rettar og plikter vart førte over til Statskonsult AS som tinginnskot for staten. Stortinget vedtok òg å føre vidare retten til fortrinnsrett og venteløn i ein periode på tre år for dei som ved omdanninga var tilsette i Statskonsult. Desse overgangsordningane fell difor bort ved utgangen av 2006, jamfør Ot.prp. nr. 5 (2003-2004) og Innst.O. nr. 43 (2003-2004).

Statskonsult AS skal fremje god forvaltningsutvikling og tilby tenester som evalueringar, utgreiingar, rådgiving og kompetanseutvikling.

Rapport

Statskonsult AS har i samsvar med føresetnader ved omdanninga til aksjeselskap arbeidd med å omstrukturere verksemda. Regjeringa har starta arbeidet med gjennomgang av det forvaltningspolitiske verkemiddelapparatet. Statskonsult er ei av fleire einingar som vil inngå i ei slik heilskapleg utgreiing.

Budsjett

Post 70 Tilskot til restrukturering

Det er lagt til grunn at omstruktureringa skal vere ferdig i løpet av 2006 og selskapet skal ha same vilkår på marknaden som konkurrentane.

Kap. 1522 Servicesenteret for departementa

 

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2005

Saldert budsjett­ 2006

Forslag 2007

01

Driftsutgifter

287 061

310 436

312 538

21

Spesielle driftsutgifter

32 123

7 500

8 900

22

Fellesutgifter for R-kvartalet

47 662

66 319

74 839

45

Større utstyrsinnkjøp og vedlikehald , kan overførast

18 701

16 574

16 574

50

Vidarefakturering av fellestenester

1 326

Sum kap. 1522

386 873

400 829

412 851

Allmenn omtale

Servicesenteret for departementa (DSS) skal vere eit kompetent og effektivt verktøy for departementa og Statsministerens kontor (SMK). Verksemda skal sørgje for administrative fellestenester som er i samsvar med behovet, og innhald og kvalitet på tenestene skal vere etter avtale med departementa. Vidare skal verksemda ha eit kostnadsmedvite fagmiljø på tenesteområda.

DSS skal mellom anna levere følgjande interne tenester til departementa og Statsministerens kontor:

  • teknisk og fysisk trygging i form av tilgangskontroll og vakt- og resepsjonsteneste

  • sentralbord og basis infrastruktur for datanettverk og telefoni

  • utvikling og drift av regjeringa.no sine interne web-tenester

  • IKT (inkludert tryggleik)

  • økonomitenester

  • reinhald, intern postfordeling og kopiteneste

  • produksjon og utsending av publikasjonar i tråd med designprogrammet for departementa

  • bedriftshelseteneste og fellesbibliotek

  • assistanse til innkjøp (e-handel)

DSS vart skipa 01.01.2006 og har fått eit større ansvar for administrative fellestenester i departementa og SMK enn den tidlegare verksemda, Statens forvaltningsteneste, hadde. Det inneber mellom anna at oppgåver innanfor IKT, løn og rekneskap er samla i DSS. I samanheng med den fyrste fasen er vel 50 årsverk overførte frå departementa. For å styrkje medverknaden frå brukarar, er det skipa eit rådgivande brukarråd med representantar frå den administrative leiinga i departementa.

Omlegginga starta i 2006 og vil halde fram til og med 2008. Fordelt på desse tre åra vil startkostnadene verte om lag 50 mill. kroner. Samlinga av tenestene vil føre til ein gradvis reduksjon i årlege kostnader til drift, utrekna til over 20 mill. kroner per år når omlegginga er venta å ha full effekt i 2010.

Finansieringsmodellen til DSS er ei blanding av brukar- og løyvingsfinansiering. Det er sett i gang eit arbeid der føremålet er å få på plass ein framtidig modell som skal sørgje for ein effektiv bruk av ressursane. Departementet tek sikte på at ein slik modell vil vere på plass i 2008.

Rapport 2005

Hovudmålet for verksemda i 2005 var å gjennomføre effektiviseringstiltak og å utvikle kundeorienteringa mot departementa.

  • Dei gjenståande effektiviseringstiltaka som starta i 2004 er sluttførte. I samanheng med at verksemda overtok fleire IKT- og løns- og rekneskapsoppgåver frå departementa, er prosentdelen av dei indirekte kostnadene redusert. Dei nye oppgåvene er overtekne utan at administrasjonskostnadene har auka tilsvarande.

  • Brukarorienteringa er styrkt. Brukarundersøkinga som vart gjennomført i 2005 gav positive resultat, og den viste at brukarane er meir nøgde enn i 2003 og i 2000 når ein samanlikna med resultata frå desse åra.

  • I tillegg har verksemda arbeidd kontinuerleg med utvikling og levering av tenester. I perioden har det vore fokus på følgjande:

    • Nivået på vakthald og tryggleik har vore i samsvar med dei gjeldande trusselvurderingane, medrekna IKT-tryggleik.

    • Alle hovudtenester på IKT-området har vore stabile og i samsvar med dei respektive tenesteavtalane.

    • Odin-/regjeringa.no- redaksjonen har vorte styrkt. Ei ekstra løyving i St.prp. nr. 65 (2004-2005) vart mellom anna nytta til investering i ei ny teknologisk plattform. Pilotprosjektet med syntetisk tale på nettsidene til AID er sluttført. Det har vore gjennomført eit prosjekt for å redusere kostnader til trykking, lagerhald og distribusjon.

    • Tenestetilbodet til ei avgrensa brukargruppe på departementas sikre datanettverk er under arbeid. Det er ei kontorstøtteløysing for gradert utveksling av informasjon. Utrulling av tenesta til departementa kan gjennomførast i løpet av 2007.

    • Innkjøpstenesta for departementa (DepKjøp) skal hjelpe departementa ved kjøp av alle typar varer og tenester. Alle departementa, Statsministerens kontor og Riksadvokaten har ein abonnementsavtale for bruk av tenester og rådgiving for innkjøp. Det har vore ein auke i bruken av tenesta på 20 pst. samanlikna med tal frå 2004.

    • Ulike rådgivande aktivitetar, særleg gjeld dette innkjøpstenesta.

Resultatmål

Utfordringane til DSS i åra framover vil vere å vidareutvikle (leggje til rette for) kostnadseffektive fellestenester. DSS skal syte for at tenestene har høg kvalitet og er i samsvar med det som departementa og Statsministerens kontor treng. Løyvinga skal nyttast i samsvar med dei nemnde føremål og hovudoppgåver. I 2007 skal DSS prioritere følgjande for å møte utfordringane:

  • Føre vidare prosessen med å

    • styrkje brukarorienteringa og kvalitetsutviklinga på alle område, mellom anna halde fram med referansemålingar av tenestene og undersøkingar som kartlegg om brukarane har vore nøgde

    • starte med å fase systema til departementa inn i eit nytt sentralt driftsmiljø innan utgangen av 2008

  • Yte fellestenester med vekt på å

    • sikre nivå på vakthald og tryggleik som er i samsvar med gjeldande trusselvurdering, medrekna IKT-tryggleik.

    • levere IKT-tenester av høg kvalitet, mellom anna basert på fleire standardiserte prosessar og eit nytt system for brukarstøtte.

    • levere økonomitenester av høg kvalitet, mellom anna basert på effektive støttesystem og auka elektronisk samhandling

    • utvikle regjeringa.no og etablere ei felles plattform for dei interne web-løysingane til departementa.

Det statlege servicesenteret i Engerdal:

DSS skal leggje til rette for ei stabil telefonteneste for brukarar av Det statlege servicesenteret i Engerdal.

Servicesenteret starta opp 1. mars 2006 med åtte tilsette. Ei utfordring i 2007 vil vere å auke oppdragsmengda.

Budsjett

For budsjettåret 2007 vert pris- og finansieringsmodellen frå 2006 vidareført. Hovuddelen av DSS si verksemd vil framleis vere finansiert gjennom løyvinga.

Post 01 Driftsutgifter

Løyvinga dekkjer løns- og driftsutgifter, inkludert etableringskostnader for DSS. Posten utgjer alle utgifter til prisa tenester og løyvingsfinansierte tenester. Inntekter frå dei prisa tenestene vert førte på kap. 4522, jf. post 02 og post 06. Jf. òg forslag til vedtak II.

Per 01.03.2006 hadde DSS ei bemanning tilsvarande 455 årsverk.

Post 21 Spesielle driftsutgifter

Doffin og Markedsplassen ehandel.no

Løyvinga dekkjer kontraktforvaltning, drift og utvikling av DOFFIN og Markedsplassen ehandel.no.

Post 22 Fellesutgifter for R-kvartalet

Løyvinga dekkjer fellesutgifter for regjeringskvartalet, medrekna husleige for fellesareal og statsforvaltninga sin avtale med Kopinor samt drift og utviklingskostnader knytte til regjeringa.no.

Post 45 Større utstyrsinnkjøp og vedlikehald, kan overførast

Løyvinga dekkjer utgifter i samband med vedlikehald og nyinvesteringar i anleggsmidlar som vert nytta ved produksjon av fellestenester for departementa.

Post 50 Vidarefakturering av fellestenester

På posten vert utgifter til kontortelefon for heile regjeringskvartalet og innkjøp av telefoniutstyr førte. DSS forskoterer utgiftene og krev refusjon i ettertid. Posten vert avvikla frå og med 2007. Som følgje av dette skjer det ein lik auke på utgiftspost 01 og inntektspost 06.

Kap. 4522 Servicesenteret for departementa

 

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2005

Saldert budsjett­ 2006

Forslag 2007

01

Inntekter frå generell rådgiving overfor departementa innan EDB-drift

1

02

Diverse inntekter

23 833

15 000

2 367

03

Driftsvederlag, Akademika

759

267

04

Inntekter, Norsk lysingsblad

5 951

05

Inntekter frå publikasjonar

1 666

878

06

Brukarfinansierte tenester

49 296

100 158

126 597

07

Parkeringsinntekter

1 066

1 292

1 030

15

Refusjon arbeidsmarknadstiltak

3

16

Refusjon av fødselspengar/adopsjonspengar

2 092

18

Refusjon sjukepengar

4 432

Sum kap. 4522

89 099

117 595

129 994

Post 02 Diverse inntekter

I 2006 omfatta posten innbetalingar som gjeld mellom anna tenestene Fellesbiblioteket, Innkjøpstenester, Vakttenesta, Resepsjonstenesta, Oslo Dep, Statens Personalhandbok, Statens servicesenter i Engerdal, og Arealforvaltning DSS. Frå og med 2007 vil desse inntektene verte førte på post 06. Grunnen er at dei dekkjer det same føremålet (brukarbetaling). Inntekter frå post 03 og post 05 vert førte på post 02 frå 2007, jf. omtale nedanfor.

Post 03 Driftsvederlag, Akademika

Inntektene som vert førte på posten i 2006, vert overførte til post 02 frå og med 2007, jf. omtale ovanfor. Akademika har ein avtale med DSS om retten til å selje offentlege publikasjonar til private. Avtalen inneber ein kontraktfesta refusjon til staten for salet. DSS vil venteleg i løpet av 2007 kjøpe eit nytt logistikksystem for å kunne utføre sal og distribusjon sjølv. Driftsvederlaget vil då falle bort.

Post 05 Inntekter frå publikasjonar

Inntektene som vert førte på posten i 2006 vert overførte til post 02 frå og med 2007, jf. omtale ovanfor. Inntektene er sal av abonnement frå «Forarbeid til lovene» som vert samla i bindbøker.

Post 06 Brukarfinansierte tenester

På posten vert inntekter og anna brukarbetaling førte for tenester som vert leverte til departementa og Statsministerens kontor. I 2006 vert mellom anna følgjande tenester inntektsførte på posten: telefon basisteneste, fjernaksess, rekneskap, løn, depSak, innkjøp, konferanse- og møterom, hurtigtrykk, einskildekspederingar, massedistribusjon, lagerhald av publikasjonar, pc basisteneste, b-kontor, departementsdrift og -utvikling, depnett/U og etablering av DSS/IKT. I tillegg vil det frå 2007 verte ført inntekter på post 06 som tidlegare har vore førte på post 02, jf. omtale ovanfor.

Post 07 Parkeringsinntekter

På posten vert det ført inntekter frå avgiftsførebudde parkeringsplassar i Regjeringskvartalet.

Programkategori 01.30 Partistøtte

Kap. 1530 Tilskot til dei politiske partia

 

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2005

Saldert budsjett­ 2006

Forslag 2007

01

Driftsutgifter

220

224

70

Tilskot til dei politiske partia sine sentrale organisasjonar

338 174

190 212

197 440

71

Tilskot til dei politiske partia sine kommunale organisasjonar

49 526

25 361

26 325

73

Tilskot til dei politiske partia sine fylkesorganisasjonar

112 526

55 316

57 498

75

Tilskot til partia sine fylkesungdomsorganisasjoner

2 817

16 344

76

Tilskot til dei politiske partia sine sentrale ungdomsorganisasjonar

5 629

5 882

6 106

Sum kap. 1530

505 855

279 808

303 937

Allmenn omtale

Lov om visse forhold vedrørende de politiske partiene (partiloven) og tilhøyrande føresegner

Den nye partilova (lov 17.6.2005 nr. 102) trådde i kraft 1. januar 2006. Målet med lova går fram av § 1 første ledd:

  • «å legge til rette for valg etter lov 28. juni 2002 nr. 57 om valg til Stortinget, fylkesting og kommunestyrer (valgloven) gjennom en offentlig registreringsordning for de politiske partiene,

  • å etablere rammer for partienes finansielle forhold som bidrar til å sikre dem et finansielt grunnlag gjennom offentlige tilskudd og ellers bidra til å øke partienes selvfinansieringsevne og uavhengighet og

  • å sikre offentlighetens rett til innsyn og å motvirke korrupsjon og uønskede bindinger ved at det er åpenhet om finansieringen av de politiske partienes virksomhet.»

Dei administrative oppgåvene i tilknyting til lova ligg til Fornyings- og administrasjonsdepartementet og fylkesmennene. Statistisk sentralbyrå (SSB) skal hente inn, stille saman og offentleggjere informasjon om partia sine inntekter.

Departementet har med grunnlag i partilova § 9, § 22 tredje ledd og § 27 fastsett «Forskrift om visse forhold vedrørende de politiske partiene (Partilovforskriften - FOR-2006-03-16-321)». Føresegnene har reglar om registrering av politiske parti, innrapportering av partiinntekter, tilbakehalding av partistøtte og dessutan reglar om Partilovnemnda.

Ved kgl.res av 3. mars 2006 vart Partilovnemnda oppnemnd med fem medlemmer etter § 25 i partilova.

Plikt til å innrapportere inntekter

Kapittel 4 i lova om innrapportering av dei politiske partia sine inntekter og inntektskjelder vart sett i verk den 1. juli 2005 med verknad frå 1. januar 2005. Etter § 18 første ledd pliktar alle registrerte politiske parti, medrekna òg dei einskilde partiledd som er omfatta av lova, å sende inn årlege inntektsrekneskapar etter ein mal i § 19. Ei forenkla innrapportering gjeld dei minste partilaga, det vil seie parti eller partiledd som i rekneskapsåret totalt ikkje har hatt meir enn 10 000 kroner i inntekt etter frådrag av all offentleg stønad. Det krevst i slikt høve berre ei erklæring frå partiet eller partileddet om at inntektene har vore under dette nivået. Frist for innrapportering og erklæringar til SSB er i lova sett til utgangen av juni.

Ei full oversikt over populasjonen «politiske parti og partiledd» er ein føresetnad for ei velfungerande og rettferdig innrapporteringsordning. Berre slik vil ålmenta kunne sjå kven som følgjer opp innrapporteringsplikta i lova og kven som ikkje gjer dette. Registrerte politiske parti i Noreg har organisert seg ulikt. Einskilde partiledd er førte opp som juridiske personar i Einingsregisteret med særskild organisasjonsnummer - andre er ikkje det. Det har ut i frå offentleg statistikk tidlegare ikkje vore mogleg å kartleggje heile populasjonen når det gjeld grunndata. Gjennom m.a. søknadsordninga for dei politiske partia og kontakt med partia direkte, har SSB registrert at i alt 3 174 parti og partiledd er omfatta av lova. Likevel kan det faktiske talet vere noko høgare.

SSB laga eit rapporteringsskjema med rettleiar som i juni 2006 er sendt alle 3 174 parti og partiledd. Departementet har skipa eit eige domene (partifinansiering.no) for offentleggjering av inntektsrekneskap og namn på givarar bak gåver over grensene i §20 i lova. Websida vil verte drifta av SSB. Ein tek sikte på å offentleggjere inntektsrekneskap mv. for 2005 innan hausten 2006.

Partilovnemndas tilråding om stønad til partia sine ungdomsorganisasjonar

Partilovnemnda har i sak 05-06 av 22. juni 2006 uttalt seg om departementet si bruk av partilova §§ 11 og 12 tredje ledd om stønad til ungdomsorganisasjonar. I St.prp. nr. 1 (2005 og 2006) frå dåverande Moderniseringsdepartementet går departementet si tolking av lova på dette punktet fram på side 68. Nemnda sitt vedtak finst på følgjande lenke: http://partilovnemnda.no

Departementet har ved bruk av dei nemnde reglane lagt til grunn intensjonen i Ot. prp nr 84 (2004-2005) Om lov om visse forhold vedrørende de politiske partiene side 25:

«Departementet viser til at støtten på post 76 Tilskudd til de politiske partiers sentrale ungdomsorganisasjoner fordeles etter de samme kriteriene som gjelder for støtten på post 70. Departementet foreslår at støtten til ungdomsorganisasjonene fordeles slik at kun de organisasjoner hvor morpartiet er berettiget grunntilskudd etter post 70, har rett til støtte over post 76 - og at denne støtten fordeles forholdsmessig etter morpartienes stemmetall. Begrunnelsen for forslaget er at støtten til ungdomsorganisasjonene i dag er begrenset (5,7 mill. kroner). En oppsplitting og fragmentering av støttebeløpet antas å føre til at den samfunnsmessige effekten av støtten blir redusert. I praksis vil dette innebære at støtten over post 76 blir fordelt etter samme kriterier som i dag.»

Departementet har i brev av 3. mai 2006 til Partilovnemnda uttalt at denne intensjonen ikkje kan seiast å vere følgd opp i tilstrekkeleg grad i lovteksten §§ 11 og 12 tredje ledd. I staden for «stemmestøtte» burde det her stått «grunnstøtte».

Partilovnemnda har einstemmig tilrådd at ein, inntil Stortinget eventuelt endrar partilova, følgjer ordlyden i § 11 tredje ledd og § 12 tredje ledd.

Dette inneber at det ved tildeling av statleg partistøtte på post 75 Tilskot til partia sine fylkesorganisasjonar og post 76 Tilskot til dei politiske partia sine sentrale ungdomsorganisasjonar, ikkje skal setjast vilkår om at morpartiet har rett til grunnstønad etter §§ 11 og 12 andre ledd i lova. Nemnda si tilråding inneber vidare at eit høgare stemmetal enn tidlegare vert lagd til grunn ved utrekning av satsane på desse postane, noko som isolert sett gir lågare satsar for 2007. Det vert i den samanheng vist til teksten nedanfor.

Budsjett

Den nye partilova inneber at all statleg partistøtte vert løyvd over kap. 1530. Stønaden til folkevalde organ på lokalt og regionalt plan (tidlegare post 72 og 74) har sidan 1. januar 2006 gått inn i rammetilskotet til kommunane og fylkeskommunane, jf St.prp nr. 1 (2005 og 2006) frå dåverande Moderniseringsdepartementet.

Det vart i St.prp. nr. 1 (2005-2006) løyvd monaleg meir på post 70 Tilskot til dei politiske partia sine sentrale organisasjonar for å dempe dei negative verknadene som den nye partilova har ført med seg når det gjeld fordelinga av løyvinga til dei største partia, jf også Partifinansieringsutvalet sitt forslag i NOU 2004:25 «Penger teller, men stemmer avgjør». Det vart også gjort ei mindre styrking av støtta til kommune- og fylkespartia (post 71 og 73). Post 73 Tilskot til dei politiske partia sine fylkesorganisasjonar vart som utgangspunkt ført vidare på det nivået som svarte til høgste sats i 2005, dvs. satsen som tidlegare gjaldt for parti med fylkesungdomsorganisasjon. Vidare vart stønaden til partia sine fylkesungdomsorganisasjonar lagd på ein einskild budsjettpost (post 75) ved at 5 pst. av løyvinga på post 73 vart plassert på denne posten.

Stortinget vedtok i samband med revisjon av statsbudsjettet i juni 2006, jf. St.prp. nr. 66 (2005-2006), å auke stønaden til kommunepartia og fylkesungdomslaga med i alt 16,28 mill. kroner - fordelt som ein auke på 2,86 mill. kroner på post 71 Tilskot til dei politiske partia sine kommunale organisasjonar og 13,42 mill. kroner på post 75 Tilskot til partia sine fylkesungdomsorganisasjonar. Målet med dette var å gjere tilpassinga til den nye partilova enklare på lokalplan og dessutan å føre vidare stønaden til fylkesungdomsorganisasjonane på same nivå som i 2005. Det vart i St.prp. nr. 66 (2005-2006) uttrykt at Regjeringa i samband med statsbudsjettet for 2007 vil gjere ei ny vurdering av støtta til fylkesorganisasjonane og til fylkesungdomsorganisasjonane.

Regjeringa foreslår på dette grunnlag at støtta på post 70 Tilskot til partia sine sentrale organisasjonar, post 71 Tilskot til dei politiske partia sine kommunale organisasjonar og post 76 Tilskot til dei politiske partia sine sentrale ungdomsorganisasjonar vert ført vidare i 2007 på same realnivå som i saldert budsjett 2006. Støtta på post 75 Tilskot til partia sine fylkesungdomsorganisasjonar vert ført vidare på same nivå som ved St.prp. nr. 66 (2005-2006). Vidare, at løyvinga for 2007 på post 73 Tilskot til dei politiske partia sine fylkesorganisasjonar om lag tilsvarer nivået frå saldert budsjett 2006. Forslaget inneber ei styrking av stønaden til partia sine fylkesorganisasjona samanlikna med nivået i 2006.

Post 70 Tilskot til dei politiske partia sine sentrale organisasjonar

 

(i 1 000 kr)

Underpost

Nemning

Rekneskap 2005

Saldert budsjett­ 2006

Forslag 2007

70.1

Stemmestønad

169 087

171 191

178 419

70.2

Grunnstønad

19 022

19 022

Sum post 70

338 174

190 212

197 440

Løyvinga er, som tidlegare, øyremerkt registrerte politiske parti og er delt mellom underpostane 1 Stemmestønad (9/10) og 2 Grunnstønad (1/10).

Underpost 1 Stemmestønad

Stemmestønad vert fordelt som ein fast sats per stemme rekna ut på grunnlag av dei årlege løyvingane og resultatet frå sist føregåande stortingsval.

Underpost 2 Grunnstønad

Grunnstønad vert betalt ut til partiet sin hovudorganisasjon dersom partiet fekk minst 2,5 pst. oppslutning på landsbasis eller vann minst éin stortingsrepresentant ved siste stortingsval. Grunnstønad vert fordelt likt mellom desse partia.

Post 71 Tilskot til dei politiske partia sine kommunale organisasjonar

 

(i 1 000 kr)

Underpost

Nemning

Rekneskap 2005

Saldert budsjett­ 2006

Forslag 2007

71.1

Stemmestønad

24 763

22 824

23 788

71.2

Grunnstønad

2 537

2 537

Sum post 71

49 526

25 361

26 325

Løyvinga er, som tidlegare, øyremerkt registrerte politiske parti og vert delt mellom underpostane 1 Stemmestønad (9/10) og 2 Grunnstønad (1/10). Det er eit krav om at kommunepartia må ha ein organisasjon i den respektive kommunen for å få stemmestønad og grunnstønad. Fylkesmannen gjer utbetalingane.

Underpost 1 Stemmestønad

Stemmestønad vert betalt ut frå første stemme utan sperregrense. Satsen vert rekna ut på grunnlag av dei årlege løyvingane og resultatet frå sist føregåande kommunestyreval.

Underpost 2 Grunnstønad

Grunnstønad vert løyvd til partia sine kommuneorganisasjonar dersom partiet fekk minst 4,0 pst. oppslutning i kommunen eller vann minst éin representant ved kommunestyrevalet. Grunnstønad vert fordelt likt mellom desse partia.

Post 73 Tilskot til dei politiske partia sine fylkesorganisasjonar

 

(i 1 000 kr)

Underpost

Nemning

Rekneskap 2005

Saldert budsjett­ 2006

Forslag 2007

73.1

Stemmestønad

56 263

49 785

51 967

73.2

Grunnstønad

5 531

5 531

Sum post 73

112 526

55 316

57 498

Løyvinga er, som tidlegare, øyremerkt registrerte politiske parti og vert delt mellom underpostane 1 Stemmestønad (9/10) og 2 Grunnstønad (1/10). Det er eit krav om at fylkespartia må ha ein organisasjon i gjeldande fylke for å få stemmestønad og grunnstønad. Fylkesmannen gjer utbetalingane.

Underpost 1 Stemmestønad

Stemmestønad vert betalt ut frå første stemme utan sperregrense. Satsen vert rekna ut på grunnlag av dei årlege løyvingane og resultatet frå sist føregåande fylkestingsval.

Underpost 2 Grunnstønad

Grunnstønad vert løyvd til partia sine fylkesorganisasjonar dersom partiet fekk minst 4,0 pst. oppslutning i kommunen eller vann minst éin representant ved fylkestingsvalet. Grunnstønad vert fordelt likt mellom desse partia.

Post 75 Tilskot til dei politiske partia sine fylkesungdomsorganisasjonar

Etter Partilovnemnda si tilråding i sak 05-06, jf teksten ovanfor, vil løyvinga verte delt i samsvar med morpartiet sin del av det totale talet på stemmer som gjekk til parti med fylkesungdomsorganisasjon. Fylkesmannen gjer utbetalingane.

Nemnda si tilråding inneber vidare at eit høgare stemmetal enn tidlegare vert lagd til grunn ved utrekning av satsen på post 75, noko som isolert sett gir noko lågare sats for 2007.

Post 76 Tilskot til dei politiske partia sine sentrale ungdomsorganisasjonar

Etter Partilovnemnda si tilråding i sak 05-06, jf teksten ovanfor, vil løyvinga delast i samsvar med morpartiet sin del av det totale talet på stemmer som gjekk til parti med sentral ungdomsorganisasjon. Departementet gjer utbetalingane.

Nemnda si tilråding inneber vidare at eit høgare stemmetal enn tidlegare vert lagd til grunn ved utrekning av satsen på post 76, noko som isolert sett gir noko lågare sats for 2007.

Programkategori 01.40 Pensjonar m.m.

Utgifter under programkategori 01.40 fordelte på kapittel

 

(i 1 000 kr)

Kap.

Nemning

Rekneskap 2005

Saldert budsjett­ 2006

Forslag 2007

Pst. endr. 06/07

1541

Pensjonar av statskassa

16 237

15 800

20 900

32,3

1542

Tilskot til Statens Pensjonskasse

5 509 732

8 059 000

7 567 000

-6,1

1543

Arbeidsgivaravgift til folketrygda

276 000

849 000

829 000

-2,4

1544

Bustadlån for statstilsette

273 882

200 000

1 900 000

850,0

1546

Yrkesskadeforsikring

66 890

67 000

96 800

44,5

1547

Gruppelivsforsikring

71 998

76 000

78 700

3,6

2470

Statens Pensjonskasse

-24 869

-18 584

25 174

-235,5

Sum kategori 01.40

6 189 870

9 248 216

10 517 574

13,7

Inntekter under programkategori 01.40 fordelte på kapittel

 

(i 1 000 kr)

Kap.

Nemning

Rekneskap 2005

Saldert budsjett­ 2006

Forslag 2007

Pst. endr. 06/07

4546

Yrkesskadeforsikring

172 460

153 000

165 000

7,8

4547

Gruppelivsforsikring

42 914

41 000

42 000

2,4

5470

Statens Pensjonskasse

16 000

16 000

40 898

155,6

5607

Renter av bustadlånsordninga for statstilsette

295 481

295 000

465 000

57,6

Sum kategori 01.40

526 855

505 000

712 898

41,2

Allmenn omtale

Hovudutfordringar og utviklingstrekk

Staten har sidan 1917 hatt ei lovheimla tenestepensjonsordning for sine embets- og tenestemenn, og for skoleverket. Tenestepensjonsordninga er finansiert gjennom bidrag frå arbeidsgivar og pensjonstrekk i løna til den einskilde arbeidstakar. Ytingane frå Statens Pensjonskasse omfattar:

  • Alderspensjon.

  • Uførepensjon.

  • Enkje- og enkjemannspensjon.

  • Barnepensjon.

I tillegg administrerer Statens Pensjonskasse:

  • Gruppelivsforsikring.

  • Erstatning ved yrkesskade.

  • Vartpengar

  • Pensjonar av statskassa.

  • Førtidspensjon.

  • Avtalefesta pensjon (AFP).

  • Bustadlån til tilsette i staten.

Pensjonsytingane vert samordna med ytingane frå folketrygda og andre offentlege tenestepensjonsordningar.

Hovudmål og strategiar

Pensjonsordninga

Hovudmålet med den statlege tenestepensjonsordninga er at tenestepensjonen, saman med ytingar frå folketrygda, skal gi arbeidstakarane i staten eit trygt pensjonisttilvære. Tenestepensjonsordninga er ein sentral del av arbeidstakarane sine løns- og arbeidsvilkår, og medverkar til at staten kan rekruttere og halde på kvalifisert arbeidskraft.

Fornyings- og administrasjonsdepartementet vil arbeide for å forenkle og harmonisere lov- og regelverket knytt til den statlege tenestepensjonsordninga og slik gjere informasjonen til medlemmene enklare.

Oppfølging av Stortingsmelding nr. 12 (2004- 2005) Pensjonsreform

Det vert vist til St.meld. nr. 12 (2004-2005) Pensjonsreform - tryggleik for pensjonane, og Stortinget si handsaming, jf. Innst.S. nr. 195 (2004-2005). I samsvar med inngått pensjonsforlik, ønskjer eit breitt fleirtal på Stortinget at det vert sett i verk ei utgreiing av fleire forhold knytte til offentlege tenestepensjonar generelt og Statens Pensjonskasse spesielt. Fornyings- og administrasjonsdepartementet vil medverke til ei slik utgreiing.

Synleggjering av pensjonskostnader

I overkant av 60 pst. av medlemsverksemdene i Statens Pensjonskasse har i dag synleggjort sine kostnader til pensjon gjennom at delen frå arbeidsgivar (pensjonspremien) vert betalt direkte til Statens Pensjonskasse. Dette gjeld m.a. fristilte statlege verksemder, skolesektoren og forskingsinstitutta. For dei resterande 40 pst. av medlemsmassen, som i hovudsak utgjer statsforvaltninga, vert pensjonskostnadene dekte som ei samleløyving over statsbudsjettet kap. 1542. Utgiftene til pensjon for kvar einskild verksemd og sektor er dermed ikkje synleggjort i statsbudsjettet og statsrekneskapen. Det er ein føresetnad at statlege verksemder skal gjere sine val med utgangspunkt i dei samla økonomiske konsekvensane av vala. Departementet greier no ut korleis ei føremålstenleg synleggjering av pensjonskostnader til statsforvaltninga kan gjerast, og gjerast synleg for kvar einskild verksemd.

Investerings- og utviklingsprosjekt i Statens Pensjonskasse

Statens Pensjonskasse vil få ein markert auke i arbeidsoppgåvene framover. Det er tre hovudårsaker til veksten:

  • Talet på pensjonar vil auke frå ca. 210 000 til ca. 300 000 i løpet av dei neste 10 åra.

  • Auka krav til individualisert informasjon om framtidige pensjonsrettar både frå medlemmer og arbeidsgivarar.

  • Auka kompleksitet i berekna pensjon som følgje av nye karrieremønster, endra familieforhold og regelverksendringar m.m.

Det vert stilt store krav til verksemda for å kunne møte volumutfordringane, samstundes som kvalitet og service skal oppretthaldast i tenesteleveransane. For å møte desse utfordringane gjennomfører Statens Pensjonskasse tre strategiske utviklingsprogram:

  • Program for IKT-utvikling.

  • Program for elektronisk samhandling.

  • Program for kvalitet og prosess.

I tillegg kjem investering i nytt premieberekningssystem. Denne investeringa er ein føresetnad for betre og raskare forsikringstekniske berekningar og gjennomføring av fleire og meir omfattande årsoppgjer og premieberekningar.

Kap. 1541 Pensjonar av statskassa

 

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2005

Saldert budsjett­ 2006

Forslag 2007

01

Driftsutgifter , overslagsløyving

16 237

15 800

20 900

Sum kap. 1541

16 237

15 800

20 900

Allmenn omtale

Ordninga omfattar visse grupper som ikkje har opptente pensjonsrettar i Statens Pensjonskasse. Pensjonar av statskassa vert utbetalte gjennom Statens Pensjonskasse.

Det er to hovudgrupper som mottek pensjon av statskassa:

  • Arbeidstakarar som har hatt statlege tenesteforhold utan høve til å verte medlem av Statens Pensjonskasse, kan ytast tilleggspensjon når dei seinare er blitt medlemmer og har rett til pensjon derifrå. Det er særlege retningslinjer om pensjon for krigsteneste.

  • Stadleg tilsette arbeidstakarar ved norske utanriksstasjonar kan givast vederlagspensjon av statskassa ut frå tilhøva på staden. Denne ordninga vert administrert i samarbeid med Utanriksdepartementet, og pensjonen vert utbetalt gjennom utanrikstenesta.

Budsjett

Post 01 Driftsutgifter, overslagsløyving

Løyvinga skal dekkje forventa utbetalingar til pensjonar av statskassa.

Kap. 1542 Tilskot til Statens Pensjonskasse

 

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2005

Saldert budsjett­ 2006

Forslag 2007

01

Driftsutgifter , overslagsløyving

5 443 615

6 329 000

7 484 000

22

Sluttoppgjer, Posten Noreg AS , overslagsløyving

1 660 000

70

For andre medlemmer av Statens Pensjonskasse , overslagsløyving

66 117

70 000

83 000

Sum kap. 1542

5 509 732

8 059 000

7 567 000

Allmenn omtale

Kapitlet dekkjer utgifter til ytingar som etter lov om Statens Pensjonskasse eller andre lover, skal utbetalast av Statens Pensjonskasse. Vidare dekkjer kapitlet utgifter til avtalefesta førtidspensjon (AFP). Pensjonar frå Statens Pensjonskasse er alderspensjon, uførepensjon, avtalefesta pensjon, enkje-/enkjemannspensjon og barnepensjon.

Rapport

Netto auke i talet på pensjonar var på 7 095 frå 01.01.2005 til 31.12.2005.

Samordning

Det meste av samordningsfrådraga er frådrag for pensjon frå folketrygda. Ytingane frå folketrygda er regulerte med verknad for samordninga. Pr. 01.05.2006 utgjer grunnbeløpet i folketrygda (G) 62 892 kroner og særtillegget (i pst. av G) 79,33 pst. for einslege og 74,0 pst. for ektefellar.

Overføringar frå statskassa

Differansen mellom utgifter og inntekter utgjer overføringar frå statskassa. Overføringane i 2005 utgjorde 5,5 mrd. kroner, ein auke på 1,2 mrd. kroner frå 2004. Auken kjem i hovudsak av høgare pensjonsutbetalingar i 2005 i forhold til året før.

Budsjett

Løyvingsforslaget for 2007 byggjer på følgjande føresetnader:

  • Vekst i talet på pensjonsutbetalingar ekskl. AFP: 3,5 pst.

  • Nullvekst i talet på spesielle førtidspensjonar.

  • Vekst i talet på AFP-pensjonar: 9 pst. pr år, samt ein vekst i gjennomsnittleg utbetalt beløp på 2,3 pst.

  • Grunnbeløp i folketrygda: 62 892 kroner frå 01.05.2006.

  • Berekningane legg i hovudsak til grunn at dei verksemder som er medlemmer i Statens Pensjonskasse i dag, held fram med medlemskapen.

Finansieringssystemet i Statens Pensjonskasse byggjer på eit utlikningssystem som inneber at dei årlege pensjonsutbetalingane delvis vert dekte av Statens Pensjonskasses jamlege inntekter.

Etter § 41 i lov om Statens Pensjonskasse skal den delen av netto pensjonsutgifter som ikkje vert dekt av pensjonsinnskot og fondsavkastning, dekkjast av staten ved årlege tilskot.

I følgje § 16 i loven skal alle medlemmer betale innskot med 2 pst. av pensjonsgrunnlaget. Vidare er ei rekkje verksemder pålagde å yte ein del frå arbeidsgivar. Arbeidsgivardelen vert rekna aktuarielt for rundt 100 verksemder, og som ein fellessats for grupper, som til dømes skuleverket. Arbeidsgivardelen vil difor variere frå verksemd til verksemd, eller for ulike grupper av verksemder, avhengig av til dømes lønsnivå, aldersfordeling og pensjonsalder.

Budsjettering og rekneskapsføring er for ca. 40 pst. av medlemmene ordna etter ein nettometode, dvs. at ein utelukkande budsjetterer med løn etter frådrag av pensjonsinnskot. Arbeidstakarane i desse institusjonane får utbetalt løn fråtrekt pensjonsinnskotet, men det blir ikkje overført pensjonsinnskot eller arbeidsgivardel til Statens Pensjonskasse. Statstilskotet må difor oppfattast som eit «en bloc-innskot» frå dei verksemder som ikkje er pålagde å yte innskot direkte.

Tabell 2.1 Inntekter og utgifter til Pensjonskassa.

(i 1000 kr)

Rekneskap 2005

Saldert budsjett 2006

Forslag 2007

Sluttoppgjer Posten Noreg AS

0

1 660 000

0

Pensjonsutbetalingar

12 590 248

13 250 647

14 118 295

AFP-pensjonar

837 321

774 512

1 075 502

Førtidspensjonar

352 485

303 609

397 874

Yrkesskadeforsikring

8 186

20 569

12 377

Renter pensjonsutbetalingar

7 645

7 229

5 181

Renter refusjonspensjonar

0

1 033

1 036

Avskrivingar

24 619

32 013

22 795

Renter av lån av statskassa

295 481

295 000

465 000

Administrasjonsutgifter

292 444

311 000

332 000

Utgifter i alt

14 408 429

16 655 610

16 430 060

Medlemsinnskot

1 250 218

1 223 003

1 324 741

Arbeidsgivarinnskot inkl. AFP

6 852 771

6 632 133

6 535 226

Refusjon yrkesskade

11 142

21 597

14 440

Kapitalavkastning

302 327

300 000

457 000

Refusjon førtidspensjonar

365 648

305 674

400 982

Refusjonspensjonar andre ordningar

103 373

101 203

113 974

Gebyr Lån

13 219

13 000

17 000

Inntekter i alt

8 898 698

8 596 610

8 863 363

Samla tilskot (utgifter-inntekter)

5 509 731

8 059 000

7 566 697

Post 01 Driftsutgifter, overslagsløyving

Løyvinga skal dekkje differansen mellom premieinntekter og pensjonar utbetalte for tidlegare opptente rettar for medlemmer i Statens Pensjonskasse. Redusert arbeidsgivarpremie, ein forventa auke av utbetalte pensjonar i 2007, samt heilårseffekten av løns- og trygdeoppgjeret i 2006 (medrekna G-regulering av pensjonsytingane) påverkar det berekna tilskotet.

Post 70 For andre medlemmer av Statens Pensjonskasse, overslagsløyving

Løyvinga skal dekkje differansen mellom premieinntekter og pensjonar utbetalte for tilsette i ikkje-statlege sosiale og humanitære institusjonar som er medlemmer av Statens Pensjonskasse.

Kap. 1543 Arbeidsgivaravgift til folketrygda

 

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2005

Saldert budsjett­ 2006

Forslag 2007

01

Driftsutgifter , overslagsløyving

270 600

833 000

819 000

70

For andre medlemmer av Statens Pensjonskasse , overslagsløyving

5 400

16 000

10 000

Sum kap. 1543

276 000

849 000

829 000

Allmenn omtale

Postane omfattar arbeidsgivaravgift til folketrygda av berekna arbeidsgivardel og medlemsinnskot for verksemder som ikkje er pålagde å betale arbeidsgivardel og medlemsinnskot direkte til Statens Pensjonskasse. Dette omfattar arbeidsgivaravgift for statsforvaltninga og for andre medlemmer i Statens Pensjonskasse som ikkje betaler premie til Pensjonskassa.

Budsjett

Reduksjonen i berekna tilskot i forhold til føregåande år kjem av oppdaterte berekna premiegrunnlag for dei ikkje-premiebetalande medlemsverksemdene i Statens Pensjonskasse. Kapitlet utgjer ei teknisk berekning av arbeidsgivaravgifta.

Post 01 Driftsutgifter, overslagsløyving

Posten gjeld berekna arbeidsgivaravgift for arbeidsgivardelen av pensjonsinnskotet og for medlemsinnskotet for statsforvaltninga.

Post 70 For andre medlemmer av Statens Pensjonskasse, overslagsløyving

Posten gjeld berekna arbeidsgivaravgift for arbeidsgivardelen av pensjonsinnskotet og for medlemsinnskotet for andre medlemmer i Statens Pensjonskasse som ikkje betaler slikt innskot direkte til Statens Pensjonskasse.

Kap. 1544 Bustadlån for statstilsette

 

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2005

Saldert budsjett­ 2006

Forslag 2007

90

Lån , overslagsløyving

273 882

200 000

1 900 000

Sum kap. 1544

273 882

200 000

1 900 000

Allmenn omtale

I hovudtariffavtalen er det reglar om ei låneordning som staten som arbeidsgivar skal ha for sine tilsette. Statens Pensjonskasse administrerer ordninga.

Ordninga vert finansiert ved hjelp av fondet til Statens Pensjonskasse og ved løyvingar over statsbudsjettet når midlane i fondet ikkje strekk til. Lån vert gitt for å skaffe bustad eller for å refinansiere bustadlån. Lån vert gitt mot tryggleik innanfor 80 pst. av lånetaksten til bustaden. Lånet har ei maksimal nedbetalingstid på 30 år, der tre år kan vere avdragsfrie.

Renta på bustadlån i Statens Pensjonskasse følgjer normrenta, og satsen kan endrast inntil 6 gonger per år. Maksimalt lånebeløp blei endra frå 750 000 kroner til 1 250 000 kroner med verknad frå 01.06.2006.

Rapport

Tal på lån

Summar i mill. kroner

År

Nye lån

Talet på lån totalt

Total utlåns- portef. 31.12.

Brutto utlån

Avdrag

Kapitalbehov

1996

1997

1998

1999

2000

2001

2002

2003

2004

2005

604

408

1 639

9 424

7 411

13 713

10 581

4 296

2 320

3 947

23 784

19 720

17 941

23 970

26 566

34 069

38 181

33 640

30 467

29 985

1 374

1 153

1 425

4 075

6 038

10 624

14 293

13 108

11 935

12 205

107

127

473

2 970

2 768

6 227

6 159

2 710

1 447

2 529

429

348

200

325

812

1 633

2 499

3 895

2 620

2 259

-322

-221

273

2 645

1 956

4 594

3 660

-1 185

-1 173

270

I 2005 utbetalte Statens Pensjonskasse 3 947 nye lån. Den totale porteføljen av utlån var ved utgangen av 2005 på 12,2 mrd. kroner, noko som utgjer ein auke på 2,3 pst. frå 2004. Talet på lån har vore stabilt gjennom 2005, og ved utgangen av året var det 29 985 lån i ordninga.

Resultatkravet for 2005 var ei sakshandsamingstid på ein månad for søknader om nye lån og refinansiering. Statens Pensjonskasse oppfylte resultatkravet.

Budsjett

Post 90 Lån, overslagsløyving

Løyvingsforslaget skal dekkje venta utlån til bustadlån til statstilsette utover det som blir dekt av innbetalte avdrag og fondet til Statens Pensjonskasse.

Overslaget for 2007 er sett på grunnlag av oppdaterte prognosar frå Statens Pensjonskasse.

Kap. 1546 Yrkesskadeforsikring

 

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2005

Saldert budsjett­ 2006

Forslag 2007

01

Driftsutgifter , overslagsløyving

66 890

67 000

96 800

Sum kap. 1546

66 890

67 000

96 800

Allmenn omtale

Alle som gjer arbeid i teneste for arbeidsgivar er omfatta av lov av 16. juni 1989 nr. 65 om yrkesskadeforsikring. Staten som arbeidsgivar er sjølvassurandør, men arbeidstakarar i staten har dei same rettane etter lova som andre arbeidstakarar. Arbeidstakarar som er omfatta av Hovudtariffavtalen i staten er i tillegg dekte av reglane i avtalen om ytingar ved yrkesskadar. Yrkesskadeordninga omfattar personskadar som kjem av arbeidsulykker og sjukdomar som kjem av påverknad frå skadelege stoff eller arbeidsprosessar. Erstatning skal ytast utan omsyn til om nokon har skyld i skaden. Vilkåret er at skaden/sjukdomen skjer i arbeid på arbeidsstaden og i arbeidstida.

Frå 01.01.1996 er yrkesskadeforsikringa i staten basert på eit premiesystem. Dette inneber at det blir kravd ein premie av arbeidsgivarar kvart år som skal dekkje kostnadene for dei skadane som vert konstaterte dette året, også om skaden vert meldt og gjort opp fleire år seinare. Når Statens Pensjonskasse behandlar saker der skaden vart konstatert før 01.01.1996, utbetalar Statens Pensjonskasse erstatninga for deretter å krevje summen refundert frå den aktuelle arbeidsgivaren. Skadar konstaterte etter 01.01.1996 vert dekte av innbetalt premie.

Etter lov om yrkesskadeforsikring er staten som sjølvassurandør ansvarleg for ei rekkje andre grupper som er definerte som arbeidstakarar. Dette er grupper som er sysselsette av staten, men som likevel fell utanom tenestemannslova og hovudtariffavtalen.

For nokre grupper av arbeidstakarar, eller personar i arbeidsliknande tilhøve, har krav om yrkesskadeerstatning vorte behandla av dei ulike fagdepartementa. Frå 01.01.2004 skal alle krav om erstatning etter yrkesskadeforsikringslova behandlast av Statens Pensjonskasse.

Skadeomfanget for gruppene er enno ikkje heilt kjent. Overføringa vil for 2007 få administrative og økonomiske verknader både for Statens Pensjonskasse og for dei departementa saker vert overførte frå.

Rapport

I 2005 hadde Statens Pensjonskasse 187 utbetalingar i yrkesskadesaker. I omlag 83 pst. av sakene vart forsikringssummane utbetalte innan fire veker etter at naudsynt dokumentasjon låg føre. Resultatkravet for 2005 var at minst 80 pst. av forsikringssummane skulle utbetalast innan fire veker.

Budsjett

Post 01 Driftsutgifter, overslagsløyving

Framlegget til løyving på denne posten skal dekkje utgiftene til yrkesskadeutbetalingane i 2006. Løyvinga skal også dekkje kostnadene til SPK Forvaltningsbedrift for å administrere yrkesskadeordninga, jf. omtalen under kap. 2470.

Kap. 4546 Yrkesskadeforsikring

 

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2005

Saldert budsjett­ 2006

Forslag 2007

01

Premieinntekter

172 460

153 000

165 000

Sum kap. 4546

172 460

153 000

165 000

Post 01 Premieinntekter

Framlegget til løyving gjeld innbetaling av yrkesskadeforsikringspremie frå alle arbeidsgivarane som er omfatta av ordninga. Innbetalt premie er monaleg høgare enn venta utbetalt erstatning i 2006. Dette har samanheng med at det ofte kan ta fleire år før skadetidspunktet vert konstatert, og utbetalingane kjem dermed ofte fleire år etter at premien er innbetalt.

Kap. 1547 Gruppelivsforsikring

 

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2005

Saldert budsjett­ 2006

Forslag 2007

01

Driftsutgifter , overslagsløyving

71 998

76 000

78 700

Sum kap. 1547

71 998

76 000

78 700

Allmenn omtale

Løyvinga gjeld § 23 i hovudtariffavtalen.

Rapport

I 2005 vart det utbetalt forsikring etter 195 personar med til saman 72 mill. kroner. Forsikringssummane vart utbetalte i snitt fem dagar etter at Statens Pensjonskasse hadde motteke alle opplysningane om kven som hadde rett til å motta summen. Resultatkravet i 2005 var at forsikringssummane skulle utbetalast innan to veker etter at alle opplysningane var mottekne.

Budsjett

Post 01 Driftsutgifter, overslagsløyving

Løyvinga gjeld erstatningsutbetalingar og kostnadene til SPK Forvaltningsbedrift for å administrere gruppelivsordninga, jf. omtale under kap. 2470.

Kap. 4547 Gruppelivsforsikring

 

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2005

Saldert budsjett­ 2006

Forslag 2007

01

Premieinntekter

42 914

41 000

42 000

Sum kap. 4547

42 914

41 000

42 000

Post 01 Premieinntekter

Posten gjeld dei verksemder som betaler gruppelivspremie direkte til Statens Pensjonskasse.

Kap. 2470 Statens Pensjonskasse

 

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2005

Saldert budsjett­ 2006

Forslag 2007

24

Driftsresultat

-46 715

-43 886

-25 026

45

Større utstyrsinnkjøp og vedlikehald , kan overførast

21 846

25 302

50 200

Sum kap. 2470

-24 869

-18 584

25 174

Allmenn omtale

Statens Pensjonskasse administrerer den statlege tenestepensjonsordninga og pensjonsordningane for apoteketaten, statsrådar, stortingsrepresentantar, kunstnarisk personale ved Den norske Opera og følgjeperson i utanrikstenesta. Verksemda er i hovudsak regulert i lov om Statens Pensjonskasse, lov om folketrygd, lov om samordning av pensjons- og trygdeytingar, og dei einskilde særlover knytte til dei andre ordningane som Statens Pensjonskasse administrerer.

Det er per 31.12.2005 ca. 930 000 medlemmer som er knytte til pensjonsordningane som Statens Pensjonskasse administrerer. Av desse er det omlag 215 000 pensjonistar, 295 000 yrkesaktive medlemmer og 420 000 med rett til framtidig pensjon. Medlemmene er statstilsette, lærarar i grunnskolen og i den vidaregåande skolen, arbeidstakarar i ein del fristilte statlege verksemder, samt arbeidstakarar i ein del ikkje-statlege ideelle og humanitære verksemder der dette er særleg vedteke i Stortinget.

Statens Pensjonskasse er ei forvaltningsbedrift. Det er eit klart skilje mellom pensjons- og forsikringsordningane og det administrative apparatet i verksemda som forvaltar og administrerer ordningane. Rekneskapsmessig er det skipa ei eining for pensjons- og forsikringsordningane, SPK Forsikring, og ei eining for administrasjonsapparatet, SPK Forvaltningsbedrift.

Løyvinga under dette kapitlet gjeld for SPK Forvaltningsbedrift som står for økonomien i driftsorganisasjonen. SPK Forvaltningsbedrift har ein aktivitetsbasert økonomimodell der verksemda får betalt for dei einskilde tenestene som vert utførte for pensjonsordningane. Fornyings- og administrasjonsdepartementet fastset prisane for tenestene.

Rapport

Statens Pensjonskasse hadde reine pensjonsutbetalingar for 13,41 mrd. kroner i 2005. Då er rente- og avskrivingskostnader ikkje inkluderte. Når ein inkluderer avskrivingskostnadene, vart det utbetalt pensjonar for 13,44 mrd. kroner i 2005. Tilsvarande tal for 2004 var 12,57 mrd. kroner. Dette tilsvarer ein auke i pensjonsutbetalingane på 6,9 pst. frå 2004 til 2005. Dei auka utbetalingane kjem av fleire pensjonistar og verknaden av trygdeoppgjeret 2005. Det vart i 2005 sett i verk totalt 14 585 nye alders-, uføre- og etterlatnepensjonar, mot 13 794 i 2004. Det tilsvarer ein auke på 5,7 pst.

Statens Pensjonskasse skal utbetale korrekt berekna pensjon til rett tid. I 2005 vart alle nye pensjonar som er omfatta av utbetalingsgarantien til pensjonskassa, utbetalte til rett tid. Utbetalingsgarantien seier at dersom ein søkjer om pensjon i tide, skal pensjonen utbetalast første månad etter lønsopphøyr. Dette gjeld alderspensjonar, uførepensjonar og etterlatnepensjonar.

Statens Pensjonskasse har prioritert arbeidet med å auke kvaliteten i pensjonsberekninga, dvs. sørgje for korrekt berekning og utbetaling av pensjon. Av nye pensjonar skal minst 95 pst. utbetalast riktig ved første gongs utbetaling. For 2005 totalt vart resultatet 96,2 pst. I 2005 vart det utbetalt renter for til saman 7,6 mill. kroner. Av dei totale pensjonsutbetalingane på 13,44 mrd. kroner tilsvarer dette 0,57 promille, noko som er 1,03 promille­poeng betre enn resultatkravet.

For dei andre ordningane som Statens Pensjonskasse administrerer, vert det vist til rapportdelen under dei respektive kapitla.

Statens Pensjonskasse har i all hovudsak gjennomført forsikringstekniske oppgjer innan fastsett frist for verksemder med fiktive fond i pensjonskassa.

Informasjon og service

Kundesenteret i Statens Pensjonskasse svara på ca. 83 000 telefonar og 9 000 brev i 2005. Talet på brev har auka med 44 pst. i høve til året før. I tillegg kom det 7 100 e-postmeldingar mot 4 700 i 2004. Gjennom utvikling av internettløysingar arbeider Statens Pensjonskasse med å betre tilgang til og flyt av informasjon. Somme arbeidsgivarar har direkte tilgang til å kontrollere og rette opp eigne data i systemet til Statens Pensjonskasse. Medlemmene har høve til å kontrollere si eiga pensjonsopptening, og alle lånesøknader kan sendast elektronisk til Statens Pensjonskasse.

Om lag 97,8 pst. av alle telefonar blei svara på ved førstegongs oppringing, mot 97,0 pst. i 2004. Brev vert i hovudsak svara på innan fire veker, eller med førebels svar innan fire veker.

Det er våren 2006 gjennomført ei kundeundersøking mot aktive medlemmer og pensjonistar som gav god tilbakemelding på service, brev og brosjyrar.

Statens Pensjonskasse har prioritert ulike informasjonstiltak knytte til utvikling i pensjonsordninga til dei ulike premiebetalande kundane. Kundar med tildelte fond får no betre oppfølging og informasjon enn tidlegare.

Kvalitetssikring av medlemsdata

Ei viktig oppgåve for Statens Pensjonskasse er å ta i mot og/eller ta vare på medlemsdata for alle medlemmene. Kvar einskild arbeidsgivar har plikt til å sende inn nødvendige medlemsdata til Statens Pensjonskasse. Totalt omfattar dette i overkant av 1 600 arbeidsgivarar.

Medlemsdata vert nytta til fleire formål. Dei vert brukte til å berekne korrekt pensjonspremie for arbeidsgivarane, berekne korrekt pensjon for pensjonistane, samt gi informasjon om framtidig pensjon til medlemmene. Vidare er medlemsdata kritisk for berekning av forpliktingane og andre analyseformål. Kvaliteten på medlemsdata er heilt sentral for at Statens Pensjonskasse skal kunne vere ein profesjonell, kunderetta aktør.

Kvaliteten på medlemsdata er framleis ikkje god nok. Statens Pensjonskasse har i fleire år arbeidd med å betre kvaliteten på historiske data. I tillegg til det interne arbeidet med å rette opp data, arbeider Statens Pensjonskasse saman med kundane for å betre rutinane for innrapportering.

Resultatmål

Statens Pensjonskasse skal i 2007:

  • Utbetale korrekt pensjon til rett tid.

  • Drive målretta informasjon med særleg vekt på dei rettar og oppgåver/plikter som medlemmene og arbeidsgivarane har.

  • Vidareføre arbeidet med å sikre driftsstabilitet ved kjerneverksemdas datasystem og med det redusere risikoen for problem i samband med tenesteproduksjonen.

  • Vidareføre arbeidet med å betre kvaliteten i medlemsdatabasen. SPK Forvaltningsbedrift skal sørgje for at medlemsopplysningane som vert henta inn og lagde i medlemsdatabasen, er av tilfredsstillande kvalitet. SPK Forvaltningsbedrift skal òg arbeide vidare med å rydde opp i gamle medlemsdata.

  • Prioritere arbeidet med informasjon retta mot den premiebetalande delen av kundemassen, spesielt knytt til utviklinga i pensjonsordninga for kvar einskild medlemsverksemd.

  • Prioritere arbeidet med forsikringstekniske berekningar. Det skal gjennomførast årlege forsikringstekniske oppgjer innan 1. juni for verksemder med fiktive fond.

  • Vidareføre arbeidet med service mot medlemmene og generelt yte god service overfor kundane målt i forhold til å vere tilgjengeleg, ha låge restansar og høg brukartrivsel.

  • Vidareutvikle informasjonsteknisk verktøy for å effektivisere drifta og yte tenester av høg kvalitet til medlemmene.

  • Behandle søknader om nye lån og refinansiering innan éin månad.

  • Utbetale forsikringsbeløpa under gruppelivsforsikring innan éi veke etter at nødvendig dokumentasjon er motteken.

  • Utbetale minst 80 pst. av forsikringsbeløpa under yrkesskadeforsikringa innan fire veker etter at nødvendig dokumentasjon er motteken.

Budsjett

Post 24 Driftsresultat

 

(i 1 000 kr)

Underpost

Nemning

Rekneskap 2005

Saldert budsjett­ 2006

Forslag 2007

24.1

Driftsinntekter , overslagsløyving

-328 069

-338 050

-369 558

24.2

Driftsutgifter , overslagsløyving

251 100

262 155

278 101

24.3

Avskrivingar

16 503

19 368

30 614

24.4

Renter av staten sin kapital

668

1 141

55

24.5

Til investeringsformål

16 000

16 000

40 898

24.6

Til reguleringsfond

-2 917

-4 500

-5 136

Sum post 24

-46 715

-43 886

-25 026

Underpost 24.1 Driftsinntekter, overslags­løyving

Inntekta til SPK Forvaltningsbedrift er knytt til betaling for dei administrative tenestene som vert utførte for pensjonsordningar og andre produkt i SPK Forsikring.

Ca. 86 pst. av inntekta kjem frå administrasjon av dei ulike pensjonsordningane, der inntekt knytt til den statlege pensjonsordninga etter lov om Statens Pensjonskasse utgjer det aller meste.

Inntektsauken kjem i hovudsak av auka volum og av at dei administrative prisane for 2007 er justerte opp som følgje av kostnadsutviklinga og delinndekning av investeringar i nytt premieberekningssystem for verksemda.

Underpost 24.2 Driftsutgifter, overslagsløyving

Per 31.12.2005 hadde SPK Forvaltningsbedrift ca. 272 årsverk. Lønskostnader utgjer omlag halvparten av verksemdas driftskostnader.

Dei auka driftsutgiftene kjem i hovudsak av venta pris- og lønsvekst. Inkludert i driftsutgiftene er kostnader knytte til investeringsprosjekta som ikkje kan aktiverast.

Underpost 24.3 Avskrivingar

Statens Pensjonskasse gjer avskrivingar av aktiverte driftsmidlar. Avskrivingane startar året etter kjøpsåret. Det vert nytta lineære avskrivingar der historisk kostpris på aktiverte driftsmidlar vert avskriven med satsar på 15 pst. for inventar og 25 pst. for kontormaskinar (inkludert IT-utstyr og programvare).

Underpost 24.4 Renter av staten sin kapital

I samsvar med reglane for forvaltningsbedrifter skal det svarast rente for den kapital som er investert i bedrifta.

Underpost 24.5 Til investeringsformål

Posten omfattar avsetning til eigenfinansierte investeringar, jf. kap. 5470, post 30.

Underpost 24.6 Til reguleringsfond

Reguleringsfondet skal nyttast til å dekkje svingingar i verksemda sin økonomi mellom ulike år, og til å dekkje effektane av lønsoppgjer og uføresette utgifter i det einskilde budsjettår. Fondet er ein del av eigenkapitalen til forvaltningsbedrifta. Ein legg til grunn at reguleringsfondet kan brukast til gjenkjøp av bl.a. systemløysingar. For å gjere det mogleg å investere i nytt aktuarielt system for verksemda, vert reguleringsfondet i 2007 redusert med 5,1 mill. kroner. I tillegg gjer ein framlegg om at det vert gitt høve til å omdisponere inntil 10 mill. kroner frå reguleringsfondet til investeringsformål, jf. forslag til vedtak III.

Post 45 Større utstyrsinnkjøp og vedlikehald, kan overførast

Løyvingsforslaget under posten skal gå til investeringar i nytt premieberekningssystem, samt dei tre strategiske utviklingsprogramma for kvalitet og prosess, IKT og elektronisk samhandling.

Tabell 2.2 Balanse Statens Pensjonskasse

Rekneskap 2004

Rekneskap 2005

Eigedelar:

Omløpsmidlar

Fordringar

25 953 153

24 151 070

Anleggsmidlar

Driftsmidlar

46 278 765

51 621 011

Sum eigedelar

72 231 918

75 772 081

Gjeld og eigenkapital:

Kortsiktig gjeld

Kortsiktig gjeld

5 745 020

6 859 693

Langsiktig gjeld

Statens renteberande kapital

16 726 161

6 068 407

Sum gjeld

22 471 181

12 928 100

Eigenkapital

Reguleringsfond

20 208 133

17 291 377

Eigenkapital elles

29 552 604

45 552 604

Sum eigenkapital

49 760 737

62 843 981

Sum gjeld og eigenkapital

72 231 918

75 772 081

Kap. 5470 Statens Pensjonskasse

 

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2005

Saldert budsjett­ 2006

Forslag 2007

30

Avsetning til investeringsformål

16 000

16 000

40 898

Sum kap. 5470

16 000

16 000

40 898

Post 30 Avsetning til investeringsformål

Løyvingsforslaget gjeld avsetningar til investeringsformål til inntekt i statsrekneskapen, jf. omtale under kap. 2470, underpost 24.5.

Kap. 5607 Renter av bustadlånsordninga for statstilsette

 

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2005

Saldert budsjett­ 2006

Forslag 2007

80

Renter

295 481

295 000

465 000

Sum kap. 5607

295 481

295 000

465 000

Allmenn omtale

Kapitlet er budsjettering av renteinntekter knytte til bustadlånsordninga i Statens Pensjonskasse, jf. kap. 1544. Frå 01.03.2006 har renta vore 2,75 pst. Renta vert sett opp til 3,25 pst. frå 1. september 2006.

Budsjett

Post 80 Renter

Posten gjeld renteinntekter knytte til bustadlånsordninga i Statens Pensjonskasse, jf. kap. 1544.

Auken i berekna renteinntekter i 2007 i forhold til saldert budsjett 2006, kjem mellom anna av oppdaterte prognoser for utlånsveksten i 2006, i tillegg til renteauke. Utlånsveksten er forventa å bli høgare enn den løyvde ramma i saldert budsjett 2006, jf. kap. 1544. I berekna inntekt for 2007 er det lagt til grunn ein vekst i utlånsporteføljen, jf. kap. 1544, og ei utlånsrente på 3,25 pst.

Programkategori 01.50 Konkurransepolitikk

Utgifter under programkategori 01.50 fordelte på kapittel

 

(i 1 000 kr)

Kap.

Nemning

Rekneskap 2005

Saldert budsjett­ 2006

Forslag 2007

Pst. endr. 06/07

1550

Konkurransetilsynet

106 608

92 557

83 112

-10,2

Sum kategori 01.50

106 608

92 557

83 112

-10,2

Inntekter under programkategori 01.50 fordelte på kapittel

 

(i 1 000 kr)

Kap.

Nemning

Rekneskap 2005

Saldert budsjett­ 2006

Forslag 2007

Pst. endr. 06/07

4550

Konkurransetilsynet

6 609

186

193

3,8

Sum kategori 01.50

6 609

186

193

3,8

Reduksjonen i løyvinga til Konkurransetilsynet er knytt til at flyttinga til Bergen er fullført. Tilleggsløyvinga knytt til flyttinga held difor ikkje fram. Det er inga endring i løyvinga til driftsutgifter, slik at satsinga på handhevinga av Konkurranselova og EØS-konkurranselova held fram. Ein syner til omtale under kap. 1550 Konkurransetilsynet.

Fornyings- og administrasjonsdepartementet har det overordna ansvaret for gjennomføringa av konkurransepolitikken. Dette inneber eit ansvar for:

  • Utforming av den norske konkurranselova, pristiltakslova, EØS-konkurranselova, lov om offentlege innkjøp og lov om offentleg støtte med føresegner m.m.

  • Gjennomføring av EØS-avtalens konkurransereglar i norsk rett.

  • Overordna styring av Konkurransetilsynet, inkludert sekretariatet til Klagenemnda for offentlege innkjøp (KOFA).

  • Forvaltning av konkurransereglane.

  • Forvaltning av regelverket om offentlege innkjøp.

  • Forvaltninga av EØS-avtalens reglar om statsstøtte.

  • Å syte for at det blir lagt tilstrekkeleg vekt på konkurranseomsyn innafor andre politikkområde.

Utøving av konkurransepolitikken gjennom handheving av konkurranselova o.a. er det i hovudsak Konkurransetilsynet som står for. Her omtaler ein i all hovudsak departementet sitt arbeid på det konkurransepolitiske området. Konkurransetilsynets verksemd vert nærmare omtalt under kap. 1550.

Utvikling og viktige oppgåver

Hovudlinjer i konkurransepolitikken

Styresmaktene legg rammene for kvar det skal vere konkurranse og korleis konkurransen skal verke på ulike område ved utforming og handheving av konkurranseregelverket og ved utforming av andre offentlege reglar og tiltak som påverkar konkurransen.

Konkurranse gir på mange område positive verknader. Ressursane vert utnytta godt, marknadsaktørane vert meir effektive, og blir dermed meir konkurransedyktige på internasjonale marknader. Konkurranse gir forbrukarane tilbod om varer og tenester av god kvalitet til rett pris.

Samstundes er det viktig å hugse at marknaden ikkje sjølv løyser marknadssvikt i form av til dømes forureiningar, naturlege monopol som i kraftnettet og tilverking av kollektive gode som vegar. Marknaden åleine tek heller ikkje tilstrekkeleg omsyn til fordeling av velferd. Offentleg styring og kontroll er naudsynt for å handtere desse omsyna på ein god måte. Difor har regjeringa i Soria Moria-erklæringa slått fast at ein innan viktige område som helse, omsorg, utdanning, samt tryggleik i mellom anna jernbanesektoren, skal byggje på fellesskapsløysingar og offentleg styring framfor kommersialisering og privatisering.

I mange marknader treng ein ikkje å setje i verk særskilde tiltak for å nå særlege samfunnsmål, eller offentlege tiltak for å korrigere marknadssvikt kan verte gjennomførte utan stor innverknad på konkurransen. Avgift på forureiningar er eit døme på korrigering av marknadssvikt. I slike marknadar vert konkurransen regulert gjennom konkurranselova. I tillegg verkar regelverket for offentlege innkjøp til å stimulere konkurransen.

Mellom anna i omregulerte marknader, som i telesektoren, er det i tillegg til reglane i konkurranselova særlege konkurransereglar som vert handsama av sektorstyresmaktene. Når marknader vert omregulerte og opna for konkurranse, inneber det ei utviding av konkurranselova sitt praktiske verkeområde. Det er då viktig med ei god samordning mellom sektorstyresmakter og konkurransestyresmaktene for å unngå motstridande politiske signal og handheving av regelverk.

På ein del område er det naudsynt å setje i verk offentlege tiltak som grip inn i marknads- og konkurransetilhøva. Det kan til dømes vere konsesjonsordningar som skal sikre at marknadsaktørane har tilstrekkelege kvalifikasjonar, men som samstundes gjer det vanskelegare å etablere seg for nye konkurrentar. Her set både konkurranselova og dei offentlege reguleringane rammer for konkurransen.

Konkurransestyresmaktene skal peike på konkurranseskadelege verknader av offentlege reguleringar og foreslå tiltak for å medverke til at dei blir så små som mogeleg. I mange konkurransesaker vil verknadene vere små for den einskilde forbrukar og større for einskilde næringsdrivande. Dei sistnemnde vil òg drive meir aktiv lobbyverksemd. I utøvinga av konkurransepolitikken må vi difor vere særleg merksame på veginga av omsyn til forbrukarane opp mot næringsomsyn. Dei offentlege tiltaka må òg liggje innanfor rammene av EØS-avtala i EØS-konkurranselova og EØS-regelverket om offentlege innkjøp og offentleg støtte.

Føresegner på konkurranseområdet

Konkurranselova

Føremålet med konkurranselova er å fremje konkurranse for å få effektiv bruk av samfunnets ressursar, med særlig vektlegging av forbrukaranes interesser. Viktige trekk ved konkurranselova er:

  • Konkurranselova forbyr samarbeid som avgrensar konkurransen mellom føretak og forbyr føretak å utilbørlig utnytte ei dominerande stilling.

  • Konkurranselova gir Konkurransetilsynet høve til å ileggje gebyr for brot på lova. Gebyret skal liggje på same nivå som dei tilsvarande bøter EU-kommisjonen kan gi. Perioden mellom når brotet blir avdekt og reaksjon er korta ned ved at Konkurransetilsynet ikkje lenger må melde brota til påtalemakta.

  • Konkurranselova opnar for å redusere gebyret for dei som melder frå om brot på konkurranselova og samarbeider med Konkurransetilsynet om oppklaring av brota.

  • Konkurransetilsynet skal gripe inn mot føretakssamanslutningar som vil føre til eller forsterke ei vesentlig innskrenking av konkurransen. Det er innført meldeplikt for føretakssamanslutningar som gir Konkurransetilsynet høve til å overvake strukturendringar i næringslivet. I 2005 evaluerte Konkurransetilsynet meldeplikta for å sikre ei best mogleg tilpassa ordning og ei enklast mogleg innrapportering for næringslivet. Tilsynet har fremja forslag om å heve omsetningsterskelen for alminneleg meldeplikt. Eit forslag i tråd med dette har vore på høyring.

EØS-konkurranselova

EØS-avtalen er av særskilt konkurransepolitisk rekkjevidd. Den 19. mai 2005 trådde den nye EØS-konkurranselova i kraft. Dette vil seie at Konkurransetilsynet har fått heimel til å handheve forboda i EØS-avtalen mot samarbeid som innskrenkar konkurransen mellom føretak og utilbørlig utnytting av ei dominerande stilling. Loven fastset plikt til å bruke desse føresegnene når det er naudsynt. Konkurransereglane i EØS og Noreg er på linje med dei tilsvarande reglane i EU.

Revidert regelverk om offentlege innkjøp

Offentleg forvalting i Noreg kjøper varer og tenester for nærare 260 mrd. kroner i året. Regelverket for offentlege innkjøp pålegg stat og kommune å sikre konkurranse om offentlege innkjøp. Føremålet med regelverket er å sikre at offentlege midlar vert utnytta best mogleg gjennom kostnadseffektive og samfunnstenlege innkjøp, at offentleg sektor likebehandlar leverandørar og gjennom sine innkjøp medverkar til å utvikle eit konkurransedyktig næringsliv.

Dagens regelverk om offentlege innkjøp har verka frå 2001. Fornyings- og administrasjonsdepartementet har i 2005 og 2006 arbeidd med å revidere innkjøpsregelverket. Føremålet med revisjonen har vore forenkling, samt å implementere to nye EU-direktiv som vart vedtekne i 2004.

Regelverksrevisjonen er gjennomført i fleire fasar. Den 9. september 2005 vart den nasjonale terskelverdien for utlysingar av innkjøp på anbod heva frå 200 000 kroner til 500 000 kroner. Hevinga vil senke administrative kostnader ved mindre innkjøp.

Det vart òg vedteke å overføre ei rekkje offentlege oppdragsgivarar frå forsyningsforskrifta til forskrift om offentlege innkjøp. Dette vart gjort for å sikre konkurranse, meir effektiv ressursbruk og klarleik om desse innkjøpa.

Ny lov om offentlege innkjøp vart vedteken i juni 2006. Den viktigaste endringa er at oppdragsgivarar kan få eit overtredingsgebyr om dei forsettleg eller grovt uaktsamt gjennomfører eit ulovleg direkte innkjøp. Gebyret skal hindre at innkjøparar med medvit set regelverket til side, og motverkar ein korrupsjonsliknande praksis. Vidare skal ein ta omsyn til universell utforming under planlegginga av innkjøpet for å gjere det mogleg for personar med nedsett funksjonsevne å nytte produktet eller tenesta.

Regjeringa fastsette 7. april 2006 nye føresegner om offentlege innkjøp og forskrift om innkjøpsreglar for forsyningssektoren. Føremålet er å sikre konkurranse om oppdrag og gi meir effektiv bruk av ressursane.

Planen er at den nye lova og dei to nye føresegnene skal verke frå 1. januar 2007.

Regelverket om offentleg støtte

Fornyings- og administrasjonsdepartementet har ansvar for reglane om offentleg støtte. Hovudregelen i EØS-avtalen er at offentleg støtte til næringsverksemd ikkje er tillate. Det er likevel gjort ei rekkje unntak frå hovudregelen, mellom anna støtte til føremål som FoU, miljø, regionar og kompetanseheving. Støttegivar, dvs departement, fylkeskommune eller kommune, har ansvar for at støtte vert gitt i samsvar med regelverket og for at støtte vert godkjend av ESA der det er naudsynt. Fornyings- og administrasjonsdepartementet sikrar norske interesser i saker (notifikasjons- og klagesaker) mellom norske myndigheiter og ESA på området og koordinerer sakshandsaminga.

Departementet har òg ansvar for at EU-reglane på feltet vert gjennomførte i norsk rett. I samband med utforminga av nye reglar i EU-kommisjonen arbeider departementet med å ivareta norske interesser i prosessen. Det inneber at departementet syter for å avklare norske interesser internt og søkjer å påverke regelverksutforminga i Kommisjonen ved å delta på arbeidsmøte og gi skriftlege innspel.

Oppfølging av visse marknader

Verksam konkurranse er eit viktig verkemiddel for å nå sentrale samfunnsmessige målsetjingar om effektiv utnytting av ressursane i økonomien. Under omtalast nokre særskilde marknader som har fått særleg stor merksemd i den seinaste perioden.

Bøker

I den norske marknaden for bøker har omsetninga tradisjonelt vore regulert gjennom avtalar mellom Den norske Forleggerforening og Den norske Bokhandlerforening. Avtalane fastset vilkåra for faste prisar, rabattar og einerett for bokhandlarar til omsetning av skulebøker. Desse bransjereguleringane har hatt dispensasjon frå forboda i konkurranselovgivinga.

Ved kongeleg resolusjon av 29. april 2005 blei det fastsett ny forskrift om unntak frå forbodet mot konkurransehemmande samarbeid ved omsetning av bøker. Forskrifta kom i kraft 1. mai 2005, og inneber at skjønnlitterære bøker vil kunne ha faste prisar i utgivingsåret og fram til 30. april året etter. Det vil også gjelde det ein gjerne omtaler som billigbøker. Alle distribusjonskanalar har frå 1. mai 2005 same høve til å gi rabattar ved sal av bøker. Det nye unntaket er stramma vesentleg inn samanlikna med dispensasjonen frå den tidlegare konkurranselova, og legg til rette for konkurranse i bokbransjen. Fastprisordninga og eineretten bokhandlarane har til å selje skulebøker for vidaregåande skule og grunnskule fell bort frå høvesvis 1. januar 2006 og 1. juli 2006. Fastprisordninga for fagbøker til høgre utdanning har fått forlengd unntaket frå konkurranselova til 1. juli 2007.

Kraft

Regjeringa vedtok hausten 2005 at Statkraft ikkje måtte selje Trondheim Energiverk (TEV), som fylgje av Konkurransetilsynet si avgjerd i 2002. Regjeringa ønskjer ei tryggare og betre energiforsyning og vil arbeide for eit sterkt offentleg eigarskap i energisektoren. Dette er viktig med omsyn til å sikre eigarskap til felles vasskraftressursar og etablere gode industrielle løysingar i sektoren.

Statkraft sin allianse med regionale aktørar som TEV medverkar til spreiing av kompetanse og innovasjon, og underbyggjer regjeringa sitt syn på offentleg eigarskap i sektoren. Styresmaktene i dei nordiske landa arbeider systematisk for å minske flaskehalsar i overføringsnettet mellom landa. Det vil òg redusere dei konkurranseproblema Statkraft sitt kjøp av TEV førte med seg.

Skadeforsikring

Konkurransetilsynet har på oppdrag frå departementet levert ein rapport om konkurransetilhøva innan skadeforsikring. Tilsynet kunne ikkje stadfeste påstanden om at forsikringsselskapa sine høge fortenestemarginar og premiar skyldast svekt konkurranse. Tilsynet peikte på at marknaden burde følgjast opp fordi forbrukaranes høve til å samanlikne tilbod på skadeforsikringsprodukt er heller svak. Kredittilsynet har nyleg sendt forslag til FIN og Barne- og likestillingsdepartementet om å etablere Finansportalen.no som ei uavhengig informasjonsside retta mot forbrukarane i finansmarknadene. Når det gjeld finansportalen, vert denne no skipa. Det synast til omtale i Barne- og likestillingsdepartementet og Finansdepartementet sine fagproposisjonar.

Konkurransetilsynet vil følgje marknaden for skadeforsikring tett i tida framover.

Sjå elles omtale av utviklinga i særskilde marknader under kap. 1550 Konkurransetilsynet.

Hovudmål og strategiar

Fornyings- og administrasjonsdepartementet skal, i dei marknadene der regjeringa ønskjer konkurranse, føre ein aktiv konkurransepolitikk for å sikre gode og rimelige varer og tenester til forbrukarar, og fremje effektivitet i desse marknadene.

For å oppnå dette, arbeider departementet mot desse hovudmåla på det konkurransepolitiske området:

  • Konkurranselova, EØS-konkurranselova, regelverket om offentlege innkjøp og regelverket om offentleg støtte skal utviklast i samsvar med internasjonale plikter og vere effektive verkemiddel for å fremje konkurranse.

  • Etatsstyringa av Konkurransetilsynet skal ta utganspunkt i klare mål, tydeleg oppfatning av rollefordelinga mellom departement og tilsyn og resultatoppfølging som sikrar ei effektiv utøving av konkurransepolitikken og handheving av lova.

  • Norske interesser skal takast vare på når ESA handsamar klager og notifikasjonar etter regelverket om offentleg støtte.

  • Departementet og Konkurransetilsynet skal saman syte for at det vert lagt vekt på konkurranseomsyn der regjeringa ønskjer konkurranse. Mellom anna skal departementet:

    • Stimulere til konkurranse og sjanse for ny­etablering ved offentlege innkjøp.

    • Hindre tildeling av ulovleg offentleg støtte og motverke skadeleg støtte.

    • Synleggjere omsynet til konkurransen ved offentlege tiltak.

Vidareutvikling av regelverk

Konkurransetilsynet har i 2005 gjennomført ei evaluering av meldeplikta for føretakssamanslutningar i konkurranselova. Føremålet er å sikre ei målretta meldeplikt med minst mogleg bruk av ressursar. Tilsynet har tilrådd å auke omsetningsgrensa for alminneleg meldeplikt. Eit forslag i tråd med dette har vore på høyring.

Regjeringa vil i løpet av 2007 vurdere å foreslå ei endring i konkurranselova § 21 om saker av prinsipiell og stor samfunnsmessig interesse. Bakgrunnen for forslaget er eit ønske om å forenkle sakshandsaminga i saker der avgjerda om inngrep mot ei føretakssamanslutning blir oppheva eller endra ut frå andre samfunnsomsyn enn konkurranse.

EU-kommisjonen vedtok 19. desember 2005 ei grønbok om privat handheving av konkurransereglane i EU. Grønboka vart lagd ut til offentleg høyring, med frist for merknader 21. april 2006. FAD gjennomførte ein brei høyringsrunde i saka blant norske interessentar. Svært få av høyringsinstansane hadde merknader til grønboka. Eventuelle lovendringar som følgje av grønboka vil truleg røre ved nasjonal sivilprosess- og erstatningsrett. Den norske merknaden tok den reservasjonen at eventuell EØS-relevans av slike tiltak på fellesskapsnivå må vurderast når dei konkrete tiltaka ligg føre. Noregs utgangspunkt er at eventuelle endringar i nasjonal sivilprosessrett ikkje vil vere EØS-relevante.

Prioriterte område

Trong for å klargjere grensene for konkurranse innafor helseområdet

Som nemnt vil regjeringa innan viktige område som til dømes helse- og omsorgssektoren byggje på fellesskapsløysingar og offentleg styring framfor kommersialisering og privatisering. Der ein ikkje ønskjer marknadsløysingar, må ein vurdere tilhøvet til konkurranse- og innkjøsreglane. I desse sektorane er det difor trong for ein gjennomgang for å trekke klare skiljelinjer for kor ein skal nytte marknadsløysingar og kor ein ikkje skal ha det.

Fornyings- og administrasjonsdepartementet vil setje i gang ein slik gjennomgang av helse- og omsorgssektoren i samarbeid med Helse- og omsorgsdepartementet.

Etatsstyring av Konkurransetilsynet

Departementet har starta eit prosjekt for gjennomgang av etatsstyringa av Konkurransetilsynet. Måla for prosjektet er ei betre resultatrapportering og synleggjering av resultata av Konkurransetilsynet sitt arbeid, basert på ein klar styringsdialog og innsikt i samkvemmet mellom tilsynet og departementet.

Styrking av KOFA (klagenemnda for offentlege anskaffelser)

Klagenemnda er eit uavhengig organ med 10 medlemmer oppnemnde av regjeringa. Nemnda behandlar klagar om brot på lov om offentlege innkjøp med føresegner. I tillegg til medlemmene i nemnda omfattar KOFA eit sekretariat.

KOFA fekk i revidert nasjonalbudsjett for 2006 auka løyvinga med 1,5 mill. kroner til styrking av arbeidet med handheving av regelverket for offentlege innkjøp. Det vart sommaren 2006 sett i verk konkrete tiltak for å styrkje bemanninga ved sekretariatet, med sikte på å korte ned sakshandsamingstida og redusere etterslepet av saker.

Restansane i KOFA har førebels ikkje gått ned. Fleire saker må handsamast av nemnda, dvs. at det er færre enkle saker som vert avviste i sekretariatet. Dei auka ressursane som utvidinga av budsjettramma for 2006 gir rom for, vil få verknad først i 2. halvår 2006, og det er først etter 1. halvår 2007 at ein kan vente seg at talet på restansar og sakshandsamingstida vert meir akseptabel. Vidare har KOFA fått sanksjonskompetanse for ulovlege direkte innkjøp ved å kunne gi overtredingsgebyr. Dette tilseier at ressursane bør oppretthaldast i 2007.

Sjå elles omtale av KOFA under kap. 1550 Konkurransetilsynet.

Kap. 1550 Konkurransetilsynet

 

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2005

Saldert budsjett­ 2006

Forslag 2007

01

Driftsutgifter

82 091

76 493

78 112

22

Flyttekostnader , kan overførast

24 517

12 564

23

Klagenemnda for offentlege innkjøp

3 500

5 000

Sum kap. 1550

106 608

92 557

83 112

Generell omtale

Den viktigaste oppgåva til Konkurransetilsynet er å føre tilsyn med konkurransetilhøva i norsk økonomi. Det rettslege grunnlaget for tilsynets verksemd er konkurranselova og EØS-konkurranselova. Konkurransetilsynet skal mellom anna føre kontroll med føretakssamanslutningar og handheve forboda mot misbruk av ei dominerande stilling og mot samarbeid som reduserer konkurransen.

Konkurranselova vert handheva av Konkurransetilsynet, men det er verksemdene sjølve som skal sjå til at føresegna i lova vert følgde. Strenge reaksjonar ved ulovlege kartellavtalar og misbruk av dominerande stilling gjer at verksemdene konkurrerer slik at ein ikkje skader konkurransen og forbrukarane.

Rapport

Handheving av forboda i konkurranselova

Lærdommen etter to år med ny konkurranselov syner at det blir stilt nye krav til verksemda knytte til handheving av konkurranselova. Den nye konkurranselova fører mellom anna til at det ikkje lenger er mogleg å gje dispensasjon frå forboda i lova. Det er vidare innført eit forbod mot misbruk av dominerande stilling. Følgjene av desse endringane er at det er meir krevjande å skilje mellom tradisjonelle etterforskingssaker og andre saker knytte til konkurransehemmande samarbeid. Vidare er det viktig å nytte etterforskingsmetodar og -heimlar i saker om misbruk av dominerande stilling i større grad enn tidlegare. Dette stiller nye krav til korleis tilsynet innrettar etterforskinga.

Tilsynet kan gi overtredingsgebyr for brot på konkurranselova. Følgjeleg vil fleire saker avsluttast av tilsynet sjølv. Tilsynet har fatta avgjerd i saka mot SAS-Braathen for ruta Oslo - Haugesund. Oslo Tingrett oppheva avgjerda i juni 2006. Tilsynet har anka avgjerda. Vidare varsla tilsynet i september 2005 TINE om at det vurderer å gi selskapet eit gebyr på inntil 45 mill. kroner for å ha misbrukt si dominerande stilling ved å inngå avtale med REMA 1000 om at TINE skal vere eineleverandør av ost. Saka er framleis til handsaming i tilsynet.

I 2005 vart òg fleire saker etter gammal konkurranselov avslutta. Mellom anna gav Økokrim to matmjølprodusentar førelegg på til saman 6,5 mill. kroner for ulovleg prissamarbeid. Førelegga vart vedtekne. Konkurransetilsynet melde to selskap til Økokrim for ulovleg prissamarbeid ved anbod på vedlikehald av mellom anna installasjonar ved kraftverk.

Konkurransetilsynet har tidlegare meldt fire transportselskap for ulovleg prissamarbeid. Søksmålet enda med rettsforlik. Etter gjennomført rettsmekling i Oslo tingrett aksepterte selskapa å betale til saman over 3,7 mill. kroner i bot.

Handsaming av inngrep og dispensasjonar

Retningslinjer og skjema for melding av føretakssamanslutningar er oppdaterte, og det er samtidig blitt enklare å melde fusjonar elektronisk via Altinn-portalen.

I 2005 fatta Konkurransetilsynet for fyrste gong sju avgjerder om gebyr på 10 000 kroner for brot på meldeplikta ved fusjonar eller oppkjøp. Tilsynet valde å avgrense storleiken på gebyret av di det var fyrste gong tilsynet ila eit gebyr for eit slikt brot på meldeplikta. I mai 2006 vart det fatta 28 nye avgjerder om gebyr. Det høgste gebyret var på 90 000 kroner.

Tilsynet har fatta avgjerd om inngrep mot føretakssamanslutningar i totalt seks saker etter den nye konkurranselova. Dette gjaldt følgjande saker:

  • Telenor - Tiscali

  • National Oilwell - Varco International

  • Swarco - Peek Trafikk

  • BBS - ZebSign

  • Prior - Norgården

  • Orkla - Collett Pharma.

I mai 2005 oppheva departementet tilsynet si avgjerd i Swarco - Peek Trafikk fordi tilsynet hadde sete over fristen for å fatte avgjerd. I november 2005 godtok departementet samanslåinga av National Oilwell og Varco og oppheva tilsynets avgjerd om at norske dotterselskap måtte seljast. Årsaka var at departementet meinte tilsynet bygde avgjerda på ei for snever avgrensing av den relevante marknaden. I februar 2006 bestemte regjeringa at Prior skulle få kjøpe Norgården, men selskapet måtte selje aksjane Nordgården hadde i Eggprodukter. Årsaka til opphevinga var landbrukspolitiske omsyn.

I to saker om føretakssamanslutningar som tidligare har vore behandla av Konkurransetilsynet, fatta departementet i 2005 avgjerd om inngrep:

  • Billettservice - Ticnet

  • Norbetong - NCC

Offentlege reguleringar og reguleringsreform

Etter konkurranselova § 9e skal Konkurransetilsynet påpeike konkurranseregulerande verknader av offentlege tiltak, eventuelt ved å leggje fram forslag med sikte på å styrkje konkurransen og gjere det lettare for nye konkurrentar å kome inn i marknaden. Tilsynet har teke opp ei rekkje saker på dette grunnlaget.

Konkurransetilsynet har utarbeidd ein rapport for departementet om frie yrke som juristar, arkitektar o.a. I rapporten blir det mellom anna peikt på at det offentlege bør syte for at regulering av desse næringane legg til rette for fungerande konkurranse. Tenestene som dei frie yrka tilbyr, er som regel regulerte gjennom autorisasjonsordningar, krav til selskapsform, eigarskap o.a. Konkurransetilsynet peiker i rapporten på alternative måtar å sikre forbrukaranes rettar på.

Konkurransetilsynet peikte i 2005 på dei konkurransehemmande effektane av livselskapas kopling av risikodekning ved dødsfall og uføre på den eine sida, og forvaltning av pensjonsmidlar på den andre sida. På denne bakgrunnen fremja Kredittilsynet eit forslag om at livselskapa må tilby separat forvaltning av pensjonsmidlar og pensjon ved dødsfall eller uføre. Seinare foreslo Finansdepartementet eit utvida forbod mot produktpakker i finansnæringa. Dette er i tråd med påpeikinga frå tilsynet og vil gi auka konkurranse om innskotsbaserte pensjonsordningar.

Skattefunn

Fornyings- og administrasjonsdepartementet vedtok den 7. februar 2006 forskrift om kompensasjon for ulønt arbeidsinnsats i Skattefunngodkjende forskings- og utviklingsprosjekt for åra 2002, 2003 og 2004. Bakgrunnen for forskrifta var Stortingets vedtak om å gi kompensasjon for ulønt arbeidsinnsats i Skattefunngodkjende forskings- og utviklingsprosjekt. Fristen for å søkje om kompensasjon var 7. april 2006.

Konkurransetilsynet har no behandla alle krav frå søkjarar som har sett fram krav om skattefrå­drag for den ulønte arbeidsinnsatsen i sjølvmeldinga utan å få frådrag for dette. Utbetaling av kompensasjon i forhold til desse vedtaka vil bli sett i verk når vedtaka er rettskraftige. Konkurransetilsynet arbeider no med å behandle søknadene frå dei som ikkje har kravd skattefrådrag for den ulønte arbeidsinnsatsen i sjølvmeldinga. Det har kome inn ca. 300 søknader i denne kategorien. Dette er langt fleire enn forventa. Tilsynet tek sikte på å ha behandla alle søknadene i løpet av hausten 2006.

Kvalitetssikring av verksemda

Konkurransetilsynet arbeider heile tida med å heve kvaliteten på sakshandsaminga. Tilsynet har vedteke nye interne retningslinjer for etterforsking og kontroll. Disse gir ei oversikt over dei rettslege rammene for etterforskinga av moglege brot på konkurranselova og formar korleis tilsynet skal organisere arbeidet med sakene i tida framover. Vidare er retningslinjene for behandling av opplysningar som medfører teieplikt reviderte.

Som del av arbeidet med fornying og effektivisering av organisasjonen i Konkurransetilsynet, har tilsynet etter 2004 arbeidd med EFQM-metoden som grunnlag for forbetring av verksemda. Tilsynet har våren 2006 gjennomført ei omfattande intern evaluering av verksemda, med fokus på verkemiddelbruk og resultat. Denne evalueringa er eit viktig fundament i arbeidet med ytterlegare tiltak for forbetring i tilsynet. I tillegg er det gjennomført ei rekkje større og mindre forbetringsprosjekt, mellom anna kartlegging og kvalitetssikring av prosessar knytte til sakshandsaminga i tilsynet. Eit tilsvarande prosjekt for leiings- og styringsprosessar samt administrative støtteprosessar starta sommaren 2006.

Gjennomgang og dokumentasjon av rutinar har òg samanheng med innføring av verksemdsportal og tilrettelegging for elektroniske arbeidsprosessar i portalen. Portalprosjektet utgjer eit viktig verktøy i arbeidet med å gi betre service eksternt og auka effektivitet internt.

Internasjonalt arbeid

Konkurransetilsynet deltek i handsaminga av regelverkssaker og enkeltsaker til EU-kommisjonen og EFTAs overvakingsorgan (ESA). Moderniseringsreforma i EØS om desentralisert handheving trådde i kraft i mai 2005. ESA har i samarbeid med konkurransestyresmaktene i EFTA etablert eit nettverk av konkurransemyndigheiter for å betre samarbeidet mellom EFTA-landa. I saker der konkurranselova §§ 10 og 11 vert nytta, må norske konkurransemyndigheiter ta i bruk EØS-avtalen artikkel 53 og 54 parallelt om samhandelen mellom EØS-land kan påverkast.

Konkurransetilsynet arbeider med å bli fullverdig medlem av European Competition Network (ECN) og har blitt invitert til dei fleste møta i ECN-undergruppene, mellom anna om miljøvern, jernbanetransport, energi og media.

Konkurransetilsynet har delteke i OECD med skriftlege bidrag på rundebordskonferansar og har mellom anna vore eksaminator av Tyrkia.

Dei nordiske konkurransemyndigheitene har årlege konferansar. I 2006 blei konferansen arrangert i Bergen.

Ei nordisk arbeidsgruppe avla rapporten «Fra jord til bord» i desember 2005. Rapporten presenterte tal som tyder på at prisnivået for norske matvarer er høgt samanlikna med andre nordiske og europeiske land. Med utgangspunkt i at det er eit politisk mål å oppretthalde landbruksreguleringane, gav rapporten konkrete forslag til korleis konkurransen kan styrkjast innan foredling og detaljistar.

Tilsynet har delteke på «the Nordic Energy Day» mellom dei nordiske styresmaktene med ansvar for tilsyn med kraftsektoren. Det er også blitt arrangert møte mellom dei nordiske konkurransetilsyna om kraftsektoren i Bergen, Stockholm og København.

Flytting av Konkurransetilsynet til Bergen

Flyttinga av Konkurransetilsynet til Bergen går etter planen. Tilsynet vil ved utgangen av 2006 vere etablert i Bergen i tråd med Stortingets føresetnader. Alle tilsette i Oslo har tilbod om å flytte med til Bergen. Sommaren 2006 hadde 16 medarbeidarar nytta dette tilbodet. 12 av desse var tilsette i tilsynet før Stortingets flyttevedtak. I tillegg er det inngått flytteavtale for fire medarbeidarar som flyttar i løpet av 2006.

For dei som har valt å ikkje flytte med til Bergen har Konkurransetilsynet frå sommaren 2003 gjennomført ei rekkje tiltak med sikte på å forenkle omstillingsprosessen for kvar einskild tilsett. Svært mange har fått anna arbeid utanfor tilsynet. Sommaren 2006 er det ingen tilsette som har gått ut i arbeidsløyse.

Trass i at flytteprosessen til Bergen har kravd store administrative ressursar, har tilsynet makta å oppretthalde produksjonen. Tilsynet har klart å oppretthalde eit godt arbeidsmiljø og ei positiv stemning og pågangsmot hos dei tilsette. Ei undersøking gjennomført blant dei tilsette årsskiftet 2005/2006 viste at dei tilsette hadde særs positive haldningar til sin eigen arbeidsplass. Dette forsterkar inntrykket frå ei liknande undersøking gjennomført i 2004.

Omdømme

Konkurransetilsynet har gjennomført haldningsundersøkingar i 2002, 2004 og sist ved årsskiftet 2005/2006. Analysen viser at tilsynet si posisjon er blitt styrkt på alle viktige område, og både dei tilsette, brukarane og befolkninga er meir positive til Konkurransetilsynet og føler at dei kjenner tilsynet betre enn i dei tidlegare undersøkingane.

Hovudfunna i den siste undersøkinga kan samanfattast slik:

  • Konkurransetilsynet har eit godt omdømme, og prosentdelen av befolkninga som har eit godt inntrykk har auka.

  • I dei profesjonelle miljøa er det blitt fleire som seier dei har god kjennskap til tilsynet.

  • Tilsynet er profesjonelt og kompetent.

  • Tilsynet er ein pådrivar for konkurransepolitikken i Noreg.

  • Vedtaka til tilsynet har god gjennomslagskraft og er fagleg godt grunngitte.

  • Tilsynet er viktig for eit konkurransedyktig næringsliv og gjer ein effektiv innsats mot kartellverksemd.

  • Tilsynet gir rask og relevant tilbakemelding på førespurnader.

Klagenemnda for offentlege innkjøp (KOFA)

Sekretariatet til nemnda vart frå 21. mars 2005 lagt inn under Konkurransetilsynet. KOFA-sekretariatet var frå 1. januar 2006 på plass i Bergen, og er bemanna med fire stillingar.

Det er sommaren 2006 gjort konkrete tiltak for å styrkje bemanninga ved sekretariatet, med sikte på å korte ned sakshandsamingstida og redusere etterslepet av saker.

Resultatmål og krav

Konkurransetilsynet skal syte for at konkurranselova og EØS-konkurranselova blir handheva effektivt. I handhevinga skal Konkurransetilsynet prioritere marknader der føresetnadene for effektiv konkurranse er mangelfulle. Konkurransetilsynet skal syte for:

  • Effektiv handheving av forbodsføresegna i konkurranselova

  • Effektivt tilsyn etter føresegna i konkurranselova om føretakssamanslutningar.

  • At etterspurnadssida i marknadene skal fungere effektivt.

  • At det blir lagt tilstrekkeleg vekt på konkurranseomsyn på andre politikkområde.

  • Føremålseffektivitet, ressurseffektivitet og forbrukarorientering.

  • Oppfølging av særskilde bransjar, så som programvare, skadeforsikring, bøker og daglegvare.

  • Forsking og utgreiingar for å underbyggje arbeidsoppgåvene.

  • Å forvalte kompenasjonsordninga for ulønt arbeid i Skattefunn i samsvar med regelverket.

Budsjett

Post 01 Driftsutgifter

Konkurransetilsynet hadde per 01.06.2006 ei bemanning tilsvarande 100 årsverk, med høvesvis 34 årsverk i Oslo og 66 årsverk i Bergen. Posten dekkjer løns- og driftsutgiftar for ordinær drift i Konkurransetilsynet.

Post 22 Flyttekostnadar, kan overførast

Posten dekkjer dei budsjettmessige tilleggskostnadane til løns- og driftsutgifter for Konkurransetilsynet ved flytting frå Oslo til Bergen.

Post 23 Klagenemnda for offentlege innkjøp

Posten dekkjer løn og driftsutgifter til sekretariatet for KOFA. Vidare vert det dekt honorar og andre utgifter for medlemmene av nemnda. For å sikre at utviklinga til KOFA går rett veg er løyvinga som vart gitt til KOFA i St.prp. nr. 66 (2005-2006) vidareført i 2007. Omsynet til at KOFA har fått sanksjonskompetansen for ulovlege direkte innkjøp, ved vedtak om å gi overtredingsgebyr, tilseier at ressursane bør oppretthaldast i 2007. Den auka ramma vert finansiert ved ei omdisponering som i revidert nasjonalbudsjett for 2006 og er likt fordelt mellom FAD og Konkurransetilsynet.

Kap. 4550 Konkurransetilsynet

 

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2005

Saldert budsjett­ 2006

Forslag 2007

02

Ymse inntekter

213

186

193

03

Lovbrotsgebyr

3 778

16

Refusjon av fødselspengar/adopsjonspengar

1 688

18

Refusjon sjukepengar

930

Sum kap. 4550

6 609

186

193

Post 02 Ymse inntekter

Posten gjeld inntekter for gebyr i tilknyting til klagenemnda for offentlege innkjøp.

Post 03 Lovbrotsgebyr

Gebyr kan mellom anna ileggjast ved brot på konkurranselova sitt forbod mot samarbeid som avgrensar konkurransen, utilbørleg utnytting av dominerande stilling og påbodet om alminneleg melding av føretakssamanslutningar. Etter at EØS-konkurranselova av 2004 har trått i kraft, kan Konkurransetilsynet også gi gebyr ved brot på dei tilsvarande føresegnene i EØS-avtalen artikkel 53 og 54.

Ved dei alvorlegaste brota kan det ileggjast gebyr på inntil 10 pst. av den årlege omsetninga til eit føretak.

For å framtvinge oppretthalding av enkeltvedtak etter konkurranselova av 2004, kan Konkurransetilsynet gi tvangsmulkt som løper til forholdet er retta. Det same gjeld for å sikre at pålegg om å gi opplysningar etter krava i lova vert oppfylte.

Det er uvisst kor stort det samla beløpet for gebyr og tvangsmulkt kan verte. Det er derfor ikkje lagt fram forslag til løyving på denne posten.

Programkategori 01.60 Statsbygg

Utgifter under programkategori 01.60 fordelte på kapittel

 

(i 1 000 kr)

Kap.

Nemning

Rekneskap 2005

Saldert budsjett­ 2006

Forslag 2007

Pst. endr. 06/07

1580

Byggjeprosjekt utanfor husleigeordninga

742 164

1 127 448

1 500 236

33,1

1581

Eigedommar til kongelege føremål

83 858

84 754

84 765

0,0

1582

Utvikling av Fornebuområdet

55 182

89 500

57 500

-35,8

1583

Utvikling av Pilestredet Park

28 460

9 973

-100,0

2445

Statsbygg

1 505 011

1 001 787

1 248 804

24,7

Sum kategori 01.60

2 414 675

2 313 462

2 891 305

25,0

Inntekter under programkategori 01.60 fordelte på kapittel

 

(i 1 000 kr)

Kap.

Nemning

Rekneskap 2005

Saldert budsjett­ 2006

Forslag 2007

Pst. endr. 06/07

4581

Eigedommar til kongelege føremål

470

116

120

3,4

4583

Sal av eigedom i Pilestredet Park

1 300

5445

Statsbygg

765 285

720 000

1 335 555

85,5

5446

Sal av eigedom, Fornebu

350 280

42 350

7 400

-82,5

Sum kategori 01.60

1 117 335

762 466

1 343 075

76,1

Framlegget inneber ein auke i løyvingane under kategori 01.60 Statsbygg. Hovudårsaka er at fleire av byggjeprosjekta som Stortinget har vedteke å setje i gang i tidlegare terminar no er i ein fase med store utbetalingar til entreprenørar og andre involverte.

Hovudutfordringar - utviklingstrekk

Statsbygg har som hovudmål å tilby gode og funksjonelle lokale til statlege verksemder. Statsbygg skal gi råd ved kjøp og leige av lokale, vere byggherre på vegne av departementa, syte for god forvaltning av eigedommane i den statlege husleigeordninga og sikre statlege interesser i større eigedomsutviklingsprosjekt.

Fornying og omstilling av offentleg sektor kan medføre trong for omorganisering og nye lokale. Dette stiller store krav til Statsbygg når det gjeld rask og fleksibel oppfølging ved ønske om endringar. Statsbygg må difor halde fram med å utvikle rådgivingskompetansen sin overfor departementa og andre statlege verksemder. Dette gjeld mellom anna assistanse i samband med vurdering av trong for nye lokale, marknadsundersøkingar, alternativvurderingar og kostnadsanalysar.

På byggherresida er den viktigaste utfordringa å sikre god styring av kostnader, kvalitet og framdrift i prosjekta. Det vert lagt stor vekt på risikostyring i alle fasar av prosjektgjennomføringa.

I alle byggeprosjekta vert det arbeidd systematisk med å implementere krava til universell utforming (tilkomst for alle). Det er laga ein handlingsplan for å sikre funksjonshemma tilkomst i bygningar som Statsbygg forvaltar.

Innanfor eigedomsforvaltninga er dei sentrale utfordringane å tilpasse eigedomsmassen til dei behova brukarane har, syte for effektiv arealbruk, redusere energiforbruket og unngå bruk av miljøfarlege stoff.

Dei viktigaste utfordringane innanfor eigedomsutviklinga er å skaffe stabile rammevilkår for utviklingsprosjekta gjennom bindande planavklaringar.

Hovudmål og strategiar

Innanfor vedtekne rammer for økonomi, kvalitet og framdrift skal Statsbygg:

  • syte for rådgiving og utgreiing i statleg sivil sektor i samband med leige av lokale og planlegging av byggjeprosjekt,

  • utføre byggherretenester i statleg sivil sektor ved å organisere, planleggje og gjennomføre byggjeprosjekt,

  • sikre kostnadseffektiv drift og eit verdibevarande vedlikehald av eigedomsmassen,

  • syte for at universell utforming, omsynet til miljø, arkitektur og kulturhistoriske verdiar vert vurdert og sikra,

  • syte for miljøriktig materialbruk, som mellom anna inneber å unngå bruk av tropisk tømmer,

  • syte for effektiv utnytting av staten sin eigedomsmasse gjennom eigedomsutvikling, kjøp og sal,

  • ivareta staten sine interesser i større eigedomsutviklingsprosjekt ved å gi råd, organisere, planleggje og gjennomføre slike, og på denne måten realisere verdien av statlege eigedommar som vert frigjorde for annan bruk,

  • medverke til effektivisering i byggje-, anleggs- og eigedomsnæringa (BAE-næringa).

Resultatmål

Statsbygg har desse resultatmåla i 2007:

Mål

Resultatindikatorar

Resultatkrav 2007

God budsjettdisiplin

a) Sluttkostnad i prosent av styringsramma på byggjeprosjekta under kap. 1580 og 2445

Sluttkostnaden på prosjekta skal samla sett ikkje overskride styringsramma med meir enn 1 pst.

b) Overføring av unytta løyvingar til neste budsjettermin under kap. 1580, 1581, 1582 og 2445

Overføringane til neste budsjettermin skal ikkje overstige 7,5 pst. av disponibel løyving

Tilfredsstillande avkastning på totalkapitalen

a) Resultat før finanskostnader i prosent av gjennomsnittleg investert kapital for året.

b) Prosentdel utleigd areal i forhold til totalarealet.

Minimum 6 pst. rentabilitet av totalkapitalen. 98 pst.

Nøgde leigetakarar

Prosentdel leigetakarar som er nøgde med Statsbyggs eigedomsforvaltning

95 pst.

Effektiv energibruk i bygningar forvalta av Statsbygg

Klimakorrigert energiforbruk

210 kWh/kvm

Ivaretaking av samfunnsmessige føringar

Rapport om ivaretaking av miljø1, arkitektur, kulturminne, universell utforming m.m.

Rapport som viser at Statsbygg oppfyller kvalitative føringar.

1 Rapport som gjeld miljøarbeider gitt under del III

Rapport

Tabell 2.3 Mål: God budsjettdisiplin - riktig styring innanfor styringsramma

Indikator

2002

2003

2004

2005

Sluttkostnad i prosent av styringsramma

-3,0

1,1

-6,0

-8,7

Resultatkrav 2005: 2,5 pst.

Av i alt 14 ferdigstilte bygg under kap. 1580 og 2445 har ingen prosjekt overskride styringsramma. Eitt prosjekt, UiO Forskningsveien, har rapportert ein sluttkostnad på 46,6 mill. kroner under styringsramma. Årsaka til den låge sluttkostnaden er gunstigare tilbod. Gjennomsnittleg er det ei innsparing på 4,2 pst. dei siste fire åra.

Tabell 2.4 Mål: God budsjettdisiplin - låge overføringar av prosjektløyvingar frå ein termin til den neste

Indikator

2002

2003

2004

2005

Overføring av unytta løyvingar til neste budsjettermin, prosentdel

2,3

7,0

0,3

6,9

Resultatkravet i 2005: 7,5 pst.

I 2005 har overføringa auka i forhold til 2004, men ligg framleis innanfor resultatkravet på 7,5 pst. Hovudtyngda av overføringane gjeld kap. 1580. Dei viktigaste årsakene til overføringane frå 2005 til 2006 er at utbetalinga i prosjekt Nytt operahus vart forseinka, og at dokumentavgifta til Oslo Havn KF ikkje kom til utbetaling i 2005 som forventa.

Tabell 2.5 Mål: Tilfredsstillande avkastning på totalkapitalen

Indikator

2002

2003

2004

2005

Resultat før finanskostnader i prosent av gjennomsnittleg investert kapital for året

7,0

6,3

6,3

6,9

Resultatkravet 2005: 6,0 pst.

Rentabiliteten av totalkapitalen var i 2005 på 6,9 pst., som er ein auke frå 6,3 pst. i 2004. Resultatet før finanskostnader auka med 181,6 mill. kroner frå 2004 til 2005, mens gjennomsnittleg investert kapital auka med 1 178,9 mill. kroner.

Årsaka til auken i rentabilitet av totalkapitalen er mellom anna at Statsbygg fekk større inntekter som følgje av høgare leigeinntekter i 2005 enn i 2004. I tillegg vart utgiftene reduserte i 2005 på grunn av at avskrivingane i 2004 inneheldt ekstraordinære nedskrivingar.

Tabell 2.6 Mål: Tilfredsstillande avkastning på totalkapitalen - høg utleigegrad

Indikator

2002

2003

2004

2005

Prosentdel utleigd areal

98,2

98,4

97,6

97,5

Resultatkrav 2005: 98 pst.

Det er ei marginal endring i utleigegrada i 2005 samanlikna med tidlegare år. Resultatet har lege stabilt over fleire år, med eit gjennomsnitt på 97,9 pst. dei siste fire åra. Dette er tett oppunder resultatkravet. Utleigegrada er høg samanlikna med andre eigedomsselskap og den generelle situasjonen i utleigemarknaden.

Tabell 2.7 Mål: Nøgde leigetakarar

Indikator

2002

2003

2004

2005

Prosentdel av leigetakarane som er nøgde med Statsbyggs eigedomsforvaltning1

89,0

95,0

95,2

2

Med nøgde meiner ein heilt nøgd, svært nøgd eller ganske nøgd.

2  Tal for 2005 ligg ikkje føre. Årsaka er at tilboda i marknaden for gjennomføring av analysen ikkje blei vurderte som fagleg gode nok. Konkurransen vart derfor annullert. Ny konkurranse vil bli gjennomført for å undersøkje kor nøgde leigetakarane er i 2006.

Resultatkrav 2005: 90 pst.

Tabell 2.8 Mål: Effektiv energibruk i bygningar forvalta av Statsbygg

Indikator

2002

2003

2004

2005

Talet på eigedommar

165

159

167

158

Brutto golvareal i kvm

1 516 309

1 484 532

1 544 351

1 305 601

Årleg energiforbruk (MWh)

287 518

284 668

307 539

259 369

Klimakorrigert energiforbruk (kWh/kvm/år)

198,6

201,4

210,6

212,4

Resultatkrav 2005: 210 kWh/kvm

Resultatkravet for 2005 var at klimakorrigert energiforbruk ikkje skulle overstige 210 kWh/kvm. For Statsbyggs 158 registrerte eigedommar er temperaturkorrigert energibruk i 2005 på 212,4 kWh/kvm. Auken på om lag 0,76 pst. i forhold til 2004 skriv seg frå mindre endringar i den samla eigedomsmassen.

Mål: Ivaretaking av samfunnsmessige føringar

Arkitektur

Arbeidet med å vidareutvikle konkurranseformer ved kontrahering av arkitektar og andre rådgivarar har halde fram i 2005, slik at føresetnadene for å nå måla på områda arkitektur, miljø og eigedomsforvaltning vert ytterlegare forbetra. Statsbygg har vidareutvikla prosjektstyrande dokument ved å implementere krav som vert rekna som essensielle påverknadsfaktorar i samband med arkitektonisk utforming. For å auke forståinga av samspelet mellom utomhusareal og bygningar, vart det i 2005 tilsett ein eigen fast fagperson innanfor fagområdet landskapsarkitektur. Det vart i 2005 også arbeidd med å vidareutvikle programmeringsmetodikken for å optimalisere arealeffektiviteten i byggjeprosjekta, samtidig som dei funksjonelle krava vert oppfylte.

Statsbygg fekk i 2005 Oslo bys arkitekturpris for utbygginga i Pilestredet Park, og uteområda ved Gamlehaugen i Bergen vart kåra til Årets grønne park av Norske anleggsgartnere, NAML.

Kulturminnevern

Statsbygg sin strategi for kulturminnevern vart vedteken i 2003. Etter det er forvaltning av kulturhistoriske eigedommar utpeikt som eit av satsingsområda i Statsbygg, og 2005 har vore brukt til å definere innhaldet i denne satsinga. Statsbygg har som mål å bli ei føregangsverksemd når det gjeld å forvalte og utvikle kulturhistoriske eigedommar for levande bruk. Mellom anna vert det lagt vekt på oppfølging av St.meld. nr. 16 (2004-2005) Leve med kulturminner, gjennom auka fokus på det potensialet for verdiskaping som er knytt til dei kulturhistoriske eigedommane som Statsbygg forvaltar.

Statsbygg arbeider kontinuerleg for å auke kunnskapen om kulturminnevern i heile organisasjonen. Statsbygg samarbeider med Riksantikvaren for å utvikle og betre rutinane knytte til byggjeprosjekta, og kjem med innspel til kulturminnestyresmaktene om dette.

Utarbeiding av landsverneplanar for eigne eigedommar er ei prioritert oppgåve. Arbeidet er organisert i eit eige prosjekt som samarbeider nært med Fornyings- og administrasjonsdepartementet sitt interdepartementale prosjekt Statens kulturhistoriske eiendommer. Statsbygg tilbyr òg hjelp til andre statlege eigedomsforvaltarar i deira arbeid med å lage landsverneplanar.

Universell utforming

Statsbygg følgjer framdrifta i si handlingsplan for universell utforming for 2004-2006. Registreringa av tilhøva ved dei eksisterande bygningane var ferdig i 2005, og det er utarbeidd rapportar og lister over tiltak som skal betre tilkomst for kvar einskild eigedom. I 2005 vart det gjennomført tiltak for i alt 12 mill. kroner på 28 eigedommar. Dette tilsvarer 4,1 pst. av Statsbygg sitt vedlikehaldsbudsjett og er dobbelt så mykje som det handlingsplanen føreset.

I 2005 har Statsbygg på oppdrag frå Kunnskapsdepartementet gjennomført ei tilsvarande registrering av eigedommane til universiteta og dei sjølvstendige høgskulane. Denne registreringa omfattar om lag 1,7 mill. kvm bygningsmasse og vil vere ferdig i løpet av 2006.

I 2006 vil arbeidet med utvikling av eit system for universell utforming halde fram. Systemet vil vere delt i tre, med ein registreringsmodul, presentasjonsmodul og ein rapporterings- og analysemodul. Systemet skal vere ferdig tidleg i 2007.

Kap. 1580 Byggjeprosjekt utanfor husleigeordninga

 

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2005

Saldert budsjett­ 2006

Forslag 2007

30

Prosjektering av bygg , kan overførast

8 785

15 316

15 316

31

Igangsetjing av byggjeprosjekt , kan overførast

706 801

50 000

33

Vidareføring av byggjeprosjekt , kan overførast

1 033 122

1 407 400

36

Kunstnarisk utsmykking , kan overførast

11 578

4 010

12 520

45

Større utstyrsinnkjøp og vedlikehald , kan overførast

25 000

65 000

70

Tilskot til Hovedstadsaksjonen

15 000

Sum kap. 1580

742 164

1 127 448

1 500 236

Allmenn omtale

Løyvingsforslaget gjeld investeringar i bygg utanfor husleigeordninga der Statsbygg er byggherre. Eigedommane skal etter ferdigstillinga forvaltast av det einskilde departementet eller den einskilde verksemda sjølv.

Budsjett

Post 30 Prosjektering av bygg, kan overførast

Posten vert nytta til prosjektering av prioriterte byggjesaker utan eiga løyving, det vil seie prosjekt utan øyremerkt prosjekteringsløyving. I 2007 er det blant anna lagt opp til å nytte midlane til tilrettelegging for universitetsutbygging i Gaustadbekkdalen i Oslo og til koordinering av statleg planarbeid for delar av terminalområdet i Groruddalen i Oslo.

Post 31 Igangsettjing av byggjeprosjekt, kan overførast

Posten vert nytta til igangsettjing av prioriterte byggjeprosjekt etter fullført forprosjekt. Det er ikkje foreslått å setje i gang prosjekt i 2007.

Post 33 Vidareføring av byggjeprosjekt, kan overførast

Posten omfattar løyving til å vidareføre prosjekt som Stortinget har vedteke å setje i gang i tidlegare år, og skal sikre optimal framdrift i prosjekta. Oversikta nedanfor viser korleis den løyvinga som er foreslått under post 33, fordeler seg på dei ulike prosjekta.

Tabell 2.9 Oppstarta byggjeprosjekt under kap. 1580 i mill. kroner

Prosjekt

Kostnads­ramme pr. 1.7.2007

Styrings­ramme pr. 1.7.2007

Løyvd tidlegare

Forslag 20072

Står att av styrings­ramma

Bygg under KKD:

Prosjekt Nytt Operahus1

4 012,0

3374,0

2 425,0

768,0

181,0

Bygg under KD:

UiB, Studentsenter

352,4

322,8

282,9

39,9

0

UiO, Institutt for informatikk II (IFI II)

990,0

910,1

84,9

360,0

465,2

UMB, Sørhellinga

209,4

199,5

32,6

105,0

61,9

Bygg under JD:

Halden fengsel

1 105,3

1058,5

96,1

134,5

827,9

Samla forslag post 33

1 407,4

1 Prisbasis pr. 15.03.06. Justering av kostnads- og styringsramma er i tråd med føresetnadene i St.prp. nr. 48 (2001-2002).

2 Budsjettforslaget er basert på at sluttløyving i byggjeprosjekta vert gitt i fyrste garantiår, og ikkje som tidlegare når bygget vert ferdigstilt.

Kostnadsrammene for dei ulike prosjekta vert kalkulerte etter gjennomført forprosjekt og fastsette slik at det skal vere 85 pst. sannsynleg at kostnadsrammene vert haldne. Gjennomføringa av prosjekta skal likevel vere basert på ei styringsramme som gir rom for 50 pst. risiko for overskridingar. Differansen mellom kostnadsramma og styringsramma utgjer uvisseavsettinga i prosjektet.

Prosjekt Nytt operahus

I 2006 har det vore innreiingsarbeid, arbeid med tekniske installasjonar og montering av teaterteknisk utstyr. Kledning av fasadar med granitt og marmor er godt i gang. I tillegg er store fasadeareal kledde med aluminiumsplater. Desse arbeida vert i hovudsak avslutta i 2006. I 2007 vil dei innvendige arbeida verte ferdigstilte, med omfattande akustiske og tekniske testar, og utomhusareala rundt bygget vil verte opparbeidde. Planlagd overlevering til brukaren er desember 2007. Styrings- og kostnadsramma er på 3 374 mill. kroner og 4 012 mill. kroner per 15.03.2006. Dei fleste kontraktane er inngåtte. Kostnadene for nokre av kontraktane har vorte noko høgare enn forventa, mellom anna som følgje av utviklinga i marknaden. Det har vidare vore naudsynt å dekkje ekstra kostnader til tiltak som er ei følgje av teknologisk utvikling, samt tiltak for fullt ut å kunne utnytte dei funksjonane som låg i forprosjektet. Dette gjeld individuelt tekstesystem, opptaksutstyr, orkesterkabinett, «talking signs» for synshemma og løftebord i orkestergrav. For å dekkje alle dei nemnde kostnadene er Statsbygg gitt løyve til å disponere 142 mill. kroner av uvisseavsetjinga i prosjektet. Differansen mellom kostnadsramme og styringsramme utgjer uvisseavsetninga, og den er på totalt 638 mill. kroner i dette prosjektet.

Prosjektet er elles omtalt i budsjettproposisjonen frå Kultur- og kyrkjedepartementet.

For nærare omtale av brukarutstyr, sjå omtale under post 45.

Universitetet i Oslo, Institutt for informatikk 2 (IFI 2)

Lokala for informatikkstudentane er underdimensjonerte i forhold til studenttalet. Då det vart vedteke at informatikkmiljøet ikkje skulle flyttast til Fornebu, var det ein føresetnad at lokala i staden skulle utvidast med nybygg i Gaustadbekkdalen i Oslo. Gjennomføringa av IFI 2 vil realisere eit heilskapleg miljø for informatikkstudia. IFI 2 har ei brutto arealramme på 28 251 kvm, inkludert parkeringsareal. Styrings- og kostnadsramma er på 910,1 mill. kroner og 990 mill. kroner per 01.07.2007. Prosjektet hadde byggjestart i 2006 og skal vere ferdigstilt rundt årsskiftet 2008/2009. Prosjektet er elles omtalt i budsjettproposisjonen frå Kunnskapsdepartementet.

Universitetet for miljø- og biovitskap (UMB), Sørhellinga

Det trengst store forbetringar for å ta igjen nødvendig vedlikehald av bygningen og tilpasse den til dagens krav til undervisnings- og forskingsbygg. I ei samla vurdering av trongen for vedlikehald og renovering av bygningane ved UMB, er rehabilitering av Sørhellinga-bygget gitt fyrsteprioritet. Rivingsarbeidet vert gjort hausten 2006, og byggjestart er i januar 2007. Bygget vil venteleg stå ferdig våren 2008. Styrings- og kostnadsramma er på 199,5 mill. kroner og 209,4 mill. kroner per 01.07.2007. Prosjektet er elles omtalt i budsjettproposisjonen frå Kunnskapsdepartementet.

Halden fengsel

Halden fengsel har ei godkjend kostnadsramme inkludert kunstnarisk utsmykking på 1 105,3 mill. kroner og ei styringsramme på 1 058,5 mill. kroner per 01.07.2007.

Det har i 2006 vore gjennomført detaljprosjektering, og dei fyrste anboda vert sende ut hausten 2006. Etter planane skal byggjearbeida ta til i 2007, og planlagd ferdigstilling er i desember 2009. Prosjektet er elles omtalt i budsjettproposisjonen frå Justis- og politidepartementet.

Post 36 Kunstnarisk utsmykking, kan overførast

Løyvinga skal nyttast til kunstnarisk utsmykking av statlege bygg. Ettersom midlar til kunstnarisk utsmykking ikkje vert tekne med ved utrekninga av husleige, gjeld løyvinga òg byggjeprosjekt som er finansierte over kap. 2445 Statsbygg. Tildelinga til kvart einskilt prosjekt skjer etter føresegnene som er gitt i kongeleg resolusjon av 5. september 1997, der ulike typar bygg er klassifiserte i fem kategoriar. Dei midla prosjekta får tildelt til kunstnarisk utsmykking tilsvarer frå 0,5 til 1,5 pst. av kostnadsramma, avhengig av kva kategori bygget tilhøyrer.

Post 45 Større utstyrsinnkjøp og vedlikehald, kan overførast

Av St.prp. nr. 1 (2004-2005) går det fram at brukarutstyr ikkje inngår i kostnadsramma for det nye operahuset, jf. Budsjettinnst.S. nr. 2 (2004-2005), der familie-, kultur- og administrasjonskomiteen i sin merknad føreset at løyvingane kjem som eit tillegg til vidareføringsløyvingane og vert budsjetterte på kap. 1580 Bygg utanfor husleigeordninga i åra 2006-2008.

Arbeidet med å skaffe utstyr til det nye operahuset har no teke til. Prosjektet er inne i ein kontraheringsfase, mens sjølve monteringa og installeringa av hovuddelen av utstyret vil skje i 2007 og tidleg i 2008. For 2007 vert det foreslått å løyve 65 mill. kroner. Styringsramma per 15.03.2006 er på 154,3 mill. kroner.

Kap. 1581 Eigedommar til kongelege føremål

 

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2005

Saldert budsjett­ 2006

Forslag 2007

01

Driftsutgifter

20 265

20 147

20 685

30

Ekstraordinært vedlikehald, Bygdøy Kongsgard , kan overførast

48 227

50 341

49 500

45

Større utstyrsinnkjøp og vedlikehald , kan overførast

15 366

14 266

14 580

Sum kap. 1581

83 858

84 754

84 765

Allmenn omtale

Statsbygg tek hand om statens eigaransvar for Stiftsgarden i Trondheim, Gamlehaugen i Bergen og Det Kgl. Slott, Bygdøy Kongsgard og Oscarshall slott i Oslo. For eigedommane i Trondheim og Bergen har Statsbygg ansvaret for bygningar, interiør og utomhusareal. For eigedommane i Oslo har Statsbygg ansvaret for ytre vedlikehald, tekniske installasjonar og større vedlikehaldsarbeid. Det er inngått skriftlege avtalar mellom Det Kongelege Hoff og Statsbygg som skal sikre klare ansvarsforhold innanfor eigedomsforvaltninga.

Budsjett

Post 01 Driftsutgifter

Løyvinga skal dekkje Statsbygg sine kostnader til forvaltning, drift og vedlikehald av statlege eigedommar som vert nytta til kongelege føremål.

Post 30 Ekstraordinært vedlikehald Bygdøy Kongsgard, kan overførast

Prosjektet består av tre element; reparasjon, fornying og restaurering. Styringsramma er på 177,8 mill. kroner og kostnadsramma 213,5 mill. kroner per 31.12.2007. Oppstartløyving vart gitt i 2004. Reparasjonsarbeida tok til våren 2004, og restaureringa og fornyinga vart sett i gong hausten 2004. Etter planen skal prosjektet avsluttast tidleg i 2007.

Post 45 Større utstyrsinnkjøp og vedlikehald, kan overførast

Løyvinga skal dekkje større vedlikehalds-, rehabiliterings- og ombyggingsarbeid av investeringsmessig karakter. Prioriterte tiltak i perioden vil vere vidareføring av oppgraderinga ved Oscarshall slott og rehabilitering av taket på Det Kgl. Slott.

Oscarshall slott er eigd av staten og underlagd H.M. Kongens disposisjonsrett. Anlegget er stengt grunna den byggtekniske tilstanden. Det er trong for både utvendig og innvendig rehabilitering. Etter avtale mellom Statsbygg og Det Kongelege Hoff, er Statsbygg ansvarleg for utvendig rehabilitering og teknisk infrastruktur. Siktemålet er at rehabiliteringa vert ferdig i 2009, slik at Oscarshall slott igjen kan opnast for publikum. Anlegget har høg antikvarisk og kulturhistorisk verdi. Prosjektet vert utført i nært samarbeid med antikvariske styresmakter, sjå òg omtale under kap. 1, post 51.

Kap. 4581 Eigedommar til kongelege føremål

 

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2005

Saldert budsjett­ 2006

Forslag 2007

01

Ymse inntekter

211

116

120

16

Refusjon av fødselspengar/adopsjonspengar

3

18

Refusjon sjukepengar

256

Sum kap. 4581

470

116

120

Post 01 Ymse inntekter

Posten omfattar inntekter frå husleige og omvisning ved Stiftsgarden og Gamlehaugen.

Kap. 1582 Utvikling av Fornebuområdet

 

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2005

Saldert budsjett­ 2006

Forslag 2007

21

Spesielle driftsutgifter , kan overførast

3 256

1 500

1 500

30

Investeringar, Fornebu , kan overførast

51 926

58 000

56 000

70

Erstatningar og oppgjer , kan overførast

30 000

Sum kap. 1582

55 182

89 500

57 500

Allmenn omtale

Kapitlet omfattar løyvingar til Statsbyggs administrative handsaming av investeringar i infrastruktur, opprydding i forureina grunn, sal, frådeling og forvaltning av dei statlege eigedommane på Fornebu i Bærum kommune.

Rapport

Utviklingsprosjektet på Fornebu er under avslutning. Oppryddinga i forureiningar og salet av statens tomter vert avslutta i 2006. I alt 750 dekar grøntområde, både rekreasjonsareal langs sjøen og naturreservat med buffersoner, vert verande i statleg eige og forvalta av Direktoratet for naturforvaltning.

Utbygginga av teknisk infrastruktur og grøntområde vert vidareført etter planen. Ny Snarøyveg vert overførd Statens vegvesen i løpet av fyrste halvår 2006. Det er inngått avtale med Fornebu Boligspar om drift av sentralparken og anna grøntareal.

Prosjektet legg stor vekt på gjenbruk av massar frå eige gjenvinningsanlegg på området. Gjenvinningsanlegget tek imot massar frå utbygginga og produserer ferdigvarer til bruk ved bygging av vegar, VA-anlegg og grøntområde på Fornebu. Etter fyrste kvartal 2006 viste resultatet for gjenbruk av massar ein prosentdel på 96. Sidan starten i 2001 er det samla produsert 238 000 tonn jord, 410 000 tonn pukk/betong/stein og 70 000 tonn gjenbruksasfalt på anlegget. I alt er det teke i mot 717 000 tonn lokale massar på anlegget.

Budsjettrevisjonen i 2006 viser at forventa kostnader til vegar, tekniske anlegg og landskapstilpassing har gått ytterlegare noko ned. Reduksjonen har samanheng med at prosjektet har komme lenger i gjennomføringa, slik at uvisse og risiko er redusert. Av førebels overslag går det fram at staten i 2007 skal dekkje 31 pst. og Oslo kommune 69 pst. av dei samla utgiftene, jf. inngått avtale om deling av kostnader.

Budsjett

Post 21 Spesielle driftsutgifter, kan overførast

Løyvinga skal dekkje Statsbygg sine administrative utgifter i samband med arbeidet med etterbruk av Fornebu. For 2007 gjeld dette utgifter knytte til diverse etterarbeid etter prosjektavslutninga, som intern administrasjon og juridisk hjelp ved oppfølging av avtalar/kontraktar.

Post 30 Investeringar, Fornebu, kan overførast

Løyvinga skal dekkje Statsbyggs oppryddingstiltak, nødvendige investeringar i infrastruktur i området, kostnader som er knytte til frådeling av tomter etter regulering, samt utgifter til drift og forvaltning av statens eigedommar på Fornebu.

Post 70 Erstatningar og oppgjer, kan overførast

Enkelte av sala på Fornebu er gjennomførte med klausular om etteroppgjer når det er nærare klarlagt kva slags utbygging som vert tillaten på området. Etteroppgjera kan resultere i både inntekter og krav om tilbakebetaling av delar av kjøpesummen. Det er knytt uvisse til utbetalingane i 2007 fordi storleiken på etteroppgjera og utbetalingstidspunktet vil vere avhengig av framdrifta i reguleringsprosessen på Fornebu.

Kap. 1583 Utvikling av Pilestredet Park

 

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2005

Saldert budsjett­ 2006

Forslag 2007

21

Spesielle driftsutgifter , kan overførast

2 013

500

30

Investeringar, Pilestredet Park , kan overførast

26 447

9 473

Sum kap. 1583

28 460

9 973

Allmenn omtale

Kapitlet blei oppretta for å gi oversikt over staten sine investeringar og driftsutgifter ved utviklinga av Pilestredet Park, jf. St.prp. nr. 1 (1999-2000). Statsbyggs prosjekt vert avslutta i 2006 og gjennomført innanfor kostnadsramma.

Rapport

Utbygginga av infrastrukturen og uteområda er gjennomført i takt med utbygginga elles i området. Eit miljøoppfølgingsprogram som gjeld for heile området, har lege til grunn for utbygginga. Programmet utgjer eit rammeverk for miljømedviten satsing og har vore grunnlaget for planlegging og bygging. Alle planlagde sal av statlege eigedommar i Pilestredet Park er gjennomførte.

Budsjett

Kostnadsramma for prosjektet var på 149,8 mill. kroner per 01.07.2006, og midlane vart sluttløyvde i 2006.

Kap. 2445 Statsbygg

 

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2005

Saldert budsjett­ 2006

Forslag 2007

24

Driftsresultat

-353 037

-313 702

-346 422

30

Prosjektering av bygg , kan overførast

72 327

55 971

72 971

31

Igangsetjing av ordinære byggjeprosjekt , kan ­overførast

1 428 307

10 000

32

Igangsetjing av kurantprosjekt , kan overførast

103 929

156 014

130 500

33

Vidareføring av ordinære byggjeprosjekt , kan ­overførast

465 049

472 400

34

Vidareføring av kurantprosjekt , kan overførast

519 400

730 300

45

Større utstyrsinnkjøp og vedlikehald , kan overførast

82 039

89 068

89 068

49

Kjøp av eigedommar , kan overførast

171 446

19 987

99 987

Sum kap. 2445

1 505 011

1 001 787

1 248 804

Allmenn omtale

Kap. 2445 omfattar Statsbygg sitt driftsbudsjett, utgifter til drift og vedlikehald av eigedommane som Statsbygg forvaltar, i tillegg til investeringsbudsjett med løyvingar til byggjeprosjekt som skal inngå i den statlege husleigeordninga.

Statsbygg er ei forvaltningsbedrift og er staten sin byggherre, eigedomsforvaltar og eigedomsutviklar i sivil sektor. Statsbygg er dessutan rådgivar overfor andre statlege etatar i byggje- og eigedomssaker. Statsbygg har om lag 650 tilsette, hovudkontor i Oslo og regionkontor i Oslo, Porsgrunn, Bergen, Trondheim og Tromsø. Hovudformålet er å syte for funksjonelle lokale til statlege verksemder og å realisere samfunnspolitiske mål i forhold til arkitektur og statlege planinteresser, kulturminnevern og miljø.

Statsbygg organiserer, planlegg og gjennomfører for tida om lag 200 større og mindre prosjekt i ulike fasar. Inntektene til Statsbygg er i hovudsak leigeinntekter frå statlege verksemder, og utgjer dryge 2,6 mrd. kroner. Samla investeringsbudsjett for 2007 er om lag 3,25 mrd. kroner. Dette gjeld både investeringar på eigedommar Statsbygg forvaltar sjølv (innanfor husleigeordninga) og på eigedommar som vert forvalta av andre statlege verksemder (utanfor husleigeordninga), jf. kap. 1580, 1581 og 1582.

Statsbygg er i stor grad ein innkjøpsorganisasjon. Dette gjeld særleg for byggjeprosjekta, der så godt som alle innsatsfaktorar vert kjøpte etter konkurranse i marknaden. Innan eigedomsforvaltninga vert om lag 70 pst. av dei utførte tenestene kjøpte. Eigenproduksjonen innanfor eigedomsforvaltninga utgjer med andre ord om lag 30 pst., og består i hovudsak av eige driftspersonell med ansvar for den daglege drifta på eigedommane.

Budsjett

Post 24 Driftsresultat

 

(i 1 000 kr)

Underpost

Nemning

Rekneskap 2005

Saldert budsjett­ 2006

Forslag 2007

24.1

Driftsinntekter , overslagsløyving

-2 502 470

-2 471 300

-2 650 929

24.2

Driftsutgifter , overslagsløyving

802 985

919 673

961 116

24.3

Avskrivningar

413 974

401 000

398 445

24.4

Renter av staten sin kapital

40 163

57 000

61 800

24.5

Til investeringsformål

765 285

720 000

880 000

24.6

Til reguleringsfondet

127 026

59 925

3 146

Sum post 24

-353 037

-313 702

-346 422

Resultatrekneskapen omfattar berre den delen av drifta som kjem inn under Statsbyggs eige kapittel (kap. 2445 Statsbygg) i statsrekneskapen. På same måte omfattar balansen berre dei bygningane som Statsbygg forvaltar, der brorparten er inntektsgivande eigedommar og inngår i statens husleigeordning.

Underpost 24.1 Driftsinntekter, ­overslagsløyving

Inntektene er i hovudsak husleige frå statlege leige­takarar og inntekter frå sal av eigedommar.

Underpost 24.2 Driftsutgifter, overslagsløyving

Driftsutgiftene dekkjer utgifter til drift, planlagt vedlikehald og utskifting, og dessutan utgifter til administrasjon og forvaltning av eigedomsmassen.

Statsbygg har ansvar for å forvalte ein del ikkje-inntektsgivande eigedommar utan særskild løyving. Utgifter til forvaltning, drift og vedlikehald av denne eigedomsmassen vert dekte av midlar frå dei inntektsgivande eigedommane.

Underpost 24.3 Avskrivingar

Alle aktiva som kan avskrivast, vert avskrivne lineært, men med ulik avskrivingstid. Innanfor alle avskrivingsgruppene vert avskrivingane rekna ut og førte fyrste gong året etter ferdigstilling eller overtaking. Nedanfor følgjer ei nærare spesifisering:

Nybygg og kjøpte eigedommar

Nybygg og kjøpte inntektsgivande eigedommar vert avskrivne lineært over 60 år.

Ombygging/påkostingar

Ombygging og ekstraordinært vedlikehald vert avskrive lineært over 30 år.

Initialkapital

Alle eigedommar som var forvalta av Statsbygg før omgjeringa til forvaltningsbedrift vart i 1999 aktiverte i balansen. Desse eigedommane vart avskrivne frå og med år 2000. Avskrivingstida for desse eigedommane er sett til 40 år.

Utanlandseigedommar

I 2001 vart alle utanlandseigedommane som Statsbygg har teke over drifta av aktiverte i balansen. Avskrivingstida varierer, basert på ei vurdering av forventa brukstid.

Tomter, bustader, bygg - ikkje inntektsgivande

Eigedelane vert bokførte i balansen til kostpris og ikkje avskrivne.

Andre driftsmidlar

Eigedelane vert aktiverte i balansen ved kjøp, med beløpsgrense og avskrivingstid i samsvar med tilrådingane i rekneskapslova.

Underpost 24.4 Renter av staten sin kapital

Løyvinga er i samsvar med gjeldande retningslinjer for utrekning av renter i statlege forvaltningsbedrifter.

Underpost 24.5 Til investeringsformål

Posten dekkjer foreslått avsetning til investeringsføremål.

Underpost 24.6 Til reguleringsfondet

Fondet vert nytta til å kompensere eventuelle avvik i driftsinntekter og driftsutgifter, medrekna dekking av uføresette utgifter som følgje av dei årlege lønnsoppgjera. Vidare skal fondet nyttast til å dekkje skadetilfelle på dei eigedommane som Statsbygg forvaltar. I høve til fullmakt til å overskride gitte løyvingar, kan Statsbygg også nytte midlar frå fondet til å utvide ramma for investeringsbudsjettet under kap. 2445 Statsbygg, jf. framlegg til vedtak V.

Post 30 Prosjektering av bygg, kan overførast

Løyvinga dekkjer prosjektering av bygg fram til fullført forprosjekt og omfattar prosjekt som ikkje har øyremerkt prosjekteringsløyving.

Post 31 Igangsetjing av ordinære byggjeprosjekt, kan overførast

Posten omfattar oppstart av prosjekt som skal leigast ut og forvaltast av Statsbygg, der leigetakaren har behov for heil eller delvis husleigekompensasjon. Det er ikkje forslag om å setje i gang nokre slike prosjekt i 2007.

Post 32 Igangsetjing av kurantprosjekt, kan overførast

Løyvinga omfattar midlar til byggjestart for prosjekt som skal forvaltast av Statsbygg, der leigetakaren eller det ansvarlege fagdepartementet dekkjer den tilhøyrande husleiga innanfor eksisterande økonomiske rammer (kurante byggjeprosjekt). Prosjekta vert gjennomførte med bakgrunn i husleigeavtalar mellom Statsbygg og leigetakarane. Ordninga vert regulert i det tilhøyrande forslaget til fullmakt til å gjennomføre byggjeprosjekt utan framlegging av eiga kostnadsramme for Stortinget (kurantordninga), jf. framlegg til vedtak VIII.

Post 33 Vidareføring av ordinære byggjeprosjekt, kan overførast

Løyvinga omfattar vidareføringsløyvingar til ordinære prosjekt som Stortinget tidlegare har vedteke å setje i gong. Bygga skal leigast ut og forvaltast av Statsbygg. Løyvinga for 2007 skal sikre framdrifta i desse prosjekta:

Tabell 2.10 Ordinære byggjeprosjekt under kap. 2445 i mill. kroner

Prosjekt

Kostnads­ramme pr. 01.07.2007

Styrings­ramme pr. 01.07.2007

Løyvd tidlegare

Forslag 20071

Står att av styringsramma

Bygg under KD:

Høgskulen i Vestfold

636,0

519,7

63,5

60,0

396,2

Samisk vitskapsbygg, ­Kautokeino

320,9

297,1

27,1

80,0

190,0

Høgskulen i Østfold, ­Remmen

619,5

605,5

434,4

126,1

45,0

Universitetet i Stavanger

403,3

361,7

319,0

42,7

0

Noregs musikkhøgskule, Oslo

322,0

305,4

275,0

30,4

0

Bygg under FAD:

Falstadsenteret

80,1

71,8

55,6

11,4

4,8

Regjeringa sitt representasjonsanlegg

291,2

265,7

106,2

112,8

46,7

Regjeringskvartalet - ­fellesarbeid

Årleg vurdering

9,0

Sum samla forslag post 33

472,4

1  Budsjettforslaget er basert på at sluttløyving i byggeprosjekta vert gitt i fyrste garantiår, og ikkje som tidlegare når bygget vert ferdigstilt.

Kostnadsrammene for nye prosjekt vert kalkulerte etter gjennomført forprosjekt og fastsette slik at det skal vere 85 pst. sannsynleg at kostnadsramma vert halden. Gjennomføringa av prosjekta skal likevel baserast på ei styringsramme som gir rom for 50 pst. risiko for overskridingar. Differansen mellom kostnadsramma og styringsramma utgjer uvisseavsetjinga i prosjektet.

Høgskulen i Vestfold

Høgskulen i Vestfold skal samlokaliserast på Bakkenteigen. Bruttoarealet for utbygginga er på 15 850 kvm, som skal knytast til eksisterande anlegg. Utbygginga har ei kostnadsramme på 636 mill. kroner og ei styringsramme på 519,7 mill. kroner per 01.07.2007. Prosjektet fekk oppstartsløyving i samband Stortingets handsaming av St.prp. nr. 65 (2004-2005). Byggjestart var i august 2006. Prosjektet er nærare omtalt i Kunnskapsdepartementet sin budsjettproposisjon.

Samisk vitskapsbygg i Kautokeino

Samisk vitskapsbygg i Kautokeino fekk oppstartsløyving ved Stortingets handsaming av St.prp. nr. 1 (2005-2006). Bygget har ei arealramme på 8 637 kvm. Bygget vil romme Samisk høgskule, Nordisk samisk institutt, Samisk arkiv, Sametinget si opplærings- og språkavdeling, Samisk spesialpedagogisk støtte, Kompetansesenter for urfolks rettar og Reindrifta sitt internasjonale fag- og formidlingssenter. Føremålet med å samle desse samiske institusjonane er ønsket om å få ein synergieffekt for samisk språk, kultur, forsking og utdanning. Styrings- og kostnadsramma for prosjektet per 01.07.2007 er 297,1 mill. kroner og 320,9 mill. kroner. Detaljprosjektfasen vil vere ferdig i løpet av 2006. Prosjektet er nærare omtalt i Kunnskapsdepartementet sin budsjettproposisjon.

Regjeringa sitt representasjonsanlegg

Våren 2006 vart det arbeidt med riving og ny fundamentering. I denne perioden er anbodsmaterialet for bygningsarbeida ferdigstilt og sendt ut. Planlagt byggjestart er september 2006, med planlagt ferdigstilling av bygget i august 2008. Styrings- og kostnadsramma for prosjektet per 01.07.2007 er 265,7 mill. kroner og 291,2 mill. kroner.

Post 34 Vidareføring av kurantprosjekt, kan overførast

Løyvinga vert nytta til vidareføring av kurantprosjekt som er sette i gong i tidlegare budsjetterminar. Løyvinga skal sikre optimal framdrift i pågåande prosjekt. Kurantprosjekta er kjenneteikna ved at brukaren eller det ansvarlege fagdepartementet dekkjer den tilhøyrande husleiga innanfor dei gjeldande økonomiske rammene. Prosjekta inkluderer så vel tilpassing/rehabilitering av eksisterande lokale som tilbygg og nybygg. Det er for tida om lag 40 slike prosjekt under ulike departement.

Post 45 Større utstyrsinnkjøp og vedlikehald, kan overførast

Løyvinga skal dekkje kostnader til mindre ombyggingar, utvidingar, brukartilpassingar og installering av tekniske anlegg av investeringsmessig karakter. Løyvinga omfattar tiltak på alle eigedommar som Statsbygg forvaltar innanlands og utanlands.

Bygdøy Kongsgard og Bygdøy Sjøbad

H.M. Kongen sa med verknad frå 2004 frå seg bruksretten til store delar av eigedomsmassen på Bygdøy Kongsgard. Store delar av denne eigedomsmassen, som inngår i dei ikkje-inntektsgivande eigedommane, har Norsk Folkemuseum fått bruksretten til. Staten v/Statsbygg tek likevel ansvar for ytre vedlikehald på all bygningsmasse, òg den som Norsk Folkemuseum er gitt bruksrett til. Statsbyggs kostnader til vedlikehald og mindre ombyggingar for denne eigedomsmassen vert dekte over denne posten.

I samband med Stortingets handsaming av St.prp. nr. 66 (2005-2006) fekk Regjeringa fullmakt til å selje huset på eigedommen Schiøtts vei 8 ved Huk på Bygdøy i Oslo kommune. Midlar frå salet skal mellom anna nyttast til opprusting av Bygdøy Sjøbad, slik at området igjen kan nyttast til bading og rekreasjon for ålmenta. Bygdøy Sjøbad er ein del av eigedommen Bygdøy Kongsgard, og er eigd av staten. Regjeringa legg til grunn at talet på båtplassar på statens grunn vert vidareført i festeavtale med ein ny forvaltar. Føremålet er at Bygdøy Sjøbad skal framstå som eit attraktivt og ryddig område til glede for ålmenta, der både turgåarar, badegjester, jolleseglarar og dei som har båtplass kan ha glede av området.

Post 49 Kjøp av eigedommar, kan overførast

Løyvinga vert nytta til kjøp av eigedommar og tomter i tilknyting til aktuelle byggjeprosjekt.

Tabell 2.11 Statsbyggs balanse

Rekneskap 2004

Rekneskap 2005

Overslag 2006

Overslag 2007

Eigedelar:

Omløpsmidlar

300 116

469 093

384 605

426 849

Sum omløpsmidlar

300 116

469 093

384 605

426 849

Inntektsgivande eigedommar:

Bygg under arbeid

1 854 907

3 067 800

3 562 765

4 219 804

Ferdigstilte bygg/eigedommar

15 536 352

15 785 254

16 454 944

17 131 504

Sum inntektsgivande eigedommar

17 391 259

18 853 054

20 017 709

21 351 308

Ikkje-inntektsgivande eigedommar:

Bygg under arbeid

61 182

62 721

139 231

153 431

Ferdigstilte bygg/eigedommar

112 403

83 630

83 630

83 630

Obligasjonar/leigebuarinnskot

31 465

30 865

30 248

29 643

Sum ikkje-inntektsgivande eigedomar

205 050

177 216

253 109

266 704

Inventar og utstyr

10 022

14 977

16 449

17 421

Sum anleggsmidlar

17 606 331

19 045 247

20 287 267

21 635 433

Sum eigedelar

17 906 447

19 514 340

20 671 872

22 062 281

Gjeld og eigenkapital:

Kortsiktig gjeld

115 583

157 505

157 505

157 505

Renteberande gjeld - staten

448 523

1 126 254

1 387 649

1 750 311

Ikkje renteberande gjeld - staten

258 850

259 774

336 284

350 484

Sum langsiktig gjeld

707 373

1 386 028

1 881 438

2 258 300

Reguleringsfond

184 533

311 559

231 298

225 298

Eigenkapital elles

16 898 958

17 659 248

18 559 136

19 578 683

Sum eigenkapital

17 083 491

17 970 807

18 790 434

19 803 981

Sum gjeld og eigenkapital

17 906 447

19 514 340

20 671 872

22 062 281

Kap. 5445 Statsbygg

 

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2005

Saldert budsjett­ 2006

Forslag 2007

30

Sal av eigedom

455 555

39

Avsetning til investeringsformål

765 285

720 000

880 000

Sum kap. 5445

765 285

720 000

1 335 555

Post 30 Sal av eigedom (ny)

Det har i fleire år vore arbeidd med sikte på å få godkjend reguleringsplan for Vestbanetomta før sal av desse areala. Oslo kommune godkjende reguleringsplanen for Vestbanen i juni 2006. Kulturdelen av tomta vil verte seld til Oslo kommune i 2007 på grunnlag av tidlegare inngått avtale, som vart endeleg godkjend av bystyret i samband med planvedtaket i juni. Det blir vidare teke sikte på at hovuddelen av resten av Vestbanetomta vert seld i 2007. Staten vil inntil vidare behalde felt B for å vurdere statleg bruk av denne delen. Salsinntektene er i 2007 budsjetterte til 493,5 mill. kroner. Av dette beløpet vert 37,945 mill. kroner, som tilsvarar den balanseførte verdien, budsjettert på kap. 2445 underpostane 24.1 Driftsinntekter og 24.3 Avskrivingar, medan restbeløpet på 455,555 mill. kroner vert inntektsført på post 30.

Post 39 Avsetning til investeringsformål

Under denne posten er det ført avsetningar til investeringsformål til inntekt i statsrekneskapen, jf. omtale under kap. 2445 post 24, underpost 24.5.

Kap. 5446 Sal av eigedom, Fornebu

 

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2005

Saldert budsjett­ 2006

Forslag 2007

01

Leigeinntekter, Fornebu

1 087

02

Refusjonar og innbetalingar - Fornebu

10 560

40

Salsinntekter, Fornebu

338 633

42 350

7 400

Sum kap. 5446

350 280

42 350

7 400

Post 40 Salsinntekter, Fornebu

Dei siste eigedommane er selde i løpet av 2006. Inntekter under denne posten vil i 2007 berre omfatte innbetalingar i samband med infrastrukturbidrag og eventuelt etteroppgjer frå tidlegare sal.