St.prp. nr. 1 (2007-2008)

FOR BUDSJETTÅRET 2008 — Utgiftskapittel: 1–2, 1500–1582, 2445 og 2470 Inntektskapittel: 4510–4550, 5445–5446, 5470 og 5607

Til innhaldsliste

Del 3
Orienteringar

3 Omtale av særlege emne

Oppmodingsvedtak nr. 247

«Stortinget ber Regjeringen legge til rette for å øke takten i bredbåndsutbyggingen slik at målet om bredbånd til alle husstander, bedrifter og offentlige institusjoner kan nås i løpet av 2007. Regjeringen bes kommentere status for framdrift i budsjettene.»

Konsulentselskapet Teleplan har på oppdrag frå Fornyings- og administrasjonsdepartementet oppdatert status og prognosar for breibandsutviklinga i Noreg per juni 2007. Undersøkinga er den mest omfattande som er gjort av den norske breibandsmarknaden og gjev estimat for breibandsdekninga i alle norske kommunar. I tillegg er det for fyrste gong henta inn dekningsdata som er gjort offentlege i form av grafiske plott i kart. Dekningskarta kan hentast ned via heimesida til Fornyings- og administrasjonsdepartementet på Internett (www.regjeringen.no/fad)

Teleplan har i undersøkinga definert breiband som kapasitetar over 640 kbit/s. Kapasitetsgrensa er Teleplan si tolking av den bruksorienterte breibandsdefinisjonen Stortinget vedtok i samband med handsaming av breibandsmeldinga (St.meld. nr. 49 (2002–2003) Breiband for kunnskap og vekst). Denne definisjonen stiller krav til høve til å overføre levande bilete, og Teleplan har lagt til grunn den kapasiteten som trengst for å overføre direkte sendingar frå Stortinget – 640 kbit/s.

Rapporten frå Teleplan viser at 98,3 pst. av husstandane i Noreg hadde tilgang til breiband i juni 2007. Dette talet inkluderar òg mobilt breiband. Mobilt breiband gjev per i dag ikkje garantert breibandskapasitet etter Teleplan sin definisjon, men som for andre breibandsteknologiar skjer det ei kontinuerleg teknologiutvikling som ifølgje Teleplan vil gje betre kapasitet over tid. Undersøkinga viser òg at 95,3 pst. av husstandane per juni 2007 hadde fast breibandsaksess. Rapporten reknar med at 99,0 pst. av husstandane vil ha eit breibandstilbod, fast eller mobilt, per 31.12.2007. Talet for faste breibandstilknytingar per 31.12.2007 er estimert til 95,8 pst.

Rapporten inkluderer ikkje effekten av løyvinga til breibandsutbygging i revidert nasjonalbudsjett for 2007. 255 mill. kroner er her øyremerkte breibandsutbygging, noko som vil utløyse ein minst like stor prosentdel frå lokale styresmakter og næringsliv. Utrekningane under inkluderer heller ikkje effekten av fordelte løyvingar frå Høykom til breibandsprosjekt som det ikkje er sikkert at vert ferdig utbygde i 2007.

Førebelse utrekningar, basert på tal frå søkjarane til Høykom, viser at over 99 pst. av innbyggjarane vil få tilbod om fast breibandsaksess inkludert effekten av RNB-løyvingane.

Undersøkinga frå Teleplan viser at nær 93 pst. av husstandane kan få breiband via ADSL, 33 pst. via kabel-TV, 8 pst. via fiber og 13,5 pst. via fast radioaksess (ikkje medrekna mobilt breiband).

Breibandspenetrasjonen (faktiske tilknytingar) i privatmarknaden i juni 2007 var om lag 1,2 mill. abonnentar eller om lag 60 pst. av husstandane. Sidan fleire kan dele ei tilknyting, og ein del tilknytingar til husstandar kan vere registrerte på firma (slik at dei ikkje inngår i desse tala) er det reelle talet truleg høgare.

Tabellen1 under viser breibandsdekning per fylke.

Tidl.estimater

Bredbåndsdekning ved fast aksess

Bredbåndsdekning inkludert mobilt bredbånd

2006

30-Jun-07

31-Dec-07

30-Jun-07

31-Dec-07

Oslo

 99%

 99%

 99%

 >99,5%

 >99,5%

Østfold

 94%

 96%

 96%

 >99,5%

 >99,5%

Akershus

 96%

 96%

 96%

 99%

 99%

Hedmark

 94%

 94%

 94%

 98%

 99%

Oppland

 96%

 93%

 93%

 98%

 99%

Buskerud

 95%

 93%

 94%

 97%

 99%

Vestfold

 97%

 98%

 98%

 99.5 %

 >99,5%

Telemark

 89%

 91%

 92%

 98%

 99%

Aust-Agder

 95%

 96%

 96%

 >99,5%

 >99,5%

Vest-Agder

 95%

 96%

 96%

 99%

 >99,5%

Rogaland

 98%

 98%

 98%

 99%

 99%

Hordaland

 96%

 96%

 96%

 98%

 99%

Sogn og Fjordane

 92%

 95%

 95%

 97%

 97%

Møre og Romsdal

 91%

 97%

 98%

 98%

 99%

 Sør-Trøndelag

 97%

 96%

 97%

 98%

 99%

Nord-Trøndelag

 90%

 94%

 94%

 97%

 98%

Nordland

 89%

 91%

 92%

 96%

 98%

Troms

 90%

 91%

 91%

 94%

 95%

Finnmark

 88%

 90%

 91%

 95%

 96%

Norge totalt

94.9 %

95.5 %

95.8 %

98.3 %

99.0 %

1 Tabell: Breibandsdekning på fylkesnivå.

Kjelde: Teleplan 2007.

Sektorovergripande miljøvernpolitikk

Servicesenteret for departementa (DSS)

Servicesenteret for departementa innførde i 2005 eit system for miljøstyring, og systemet er under kontinuerleg utvikling. Føremålet med utviklingsarbeidet er å betre miljøstyringa internt i verksemda, å kvalitetssikre miljødata som departementa etterspør, og dessutan å identifisere eit høveleg og praktisk system for miljøstyring for departementa i regjeringskvartalet.

Eit system for miljøstyring skal sikre at verksemda er medviten om miljøpåverknaden som eigenproduserte varer og tenester har eller kan ha, og at verksemda arbeider systematisk med desse for å sikre kontinuerleg betring av eigen miljøprestasjon.

Servicesenteret for departementa har ein eigen miljøkoordinator som arbeider med miljøprestasjonar i verksemda innan områda energi, avfall, innkjøp og transport.

Desse områda er identiske med dei som vart identifiserte under Grøn Stat-arbeidet. Miljøkartlegginga som vart gjennomført i Servicesenteret for departementa i samband med innføringa av miljøstyring, resulterte i ein miljøhandlingsplan med krav til indikatorar for kvart miljøtiltak. Desse indikatorane viser mellom anna at etter fleire år med nedgang, auka talet på videokonferansar med 67 pst. frå 2005 til 2006, og at den totale mengda avfall frå regjeringskvartalet minka med 10 pst. i same periode. Verksemda sitt system for miljøstyring syter for at desse og andre miljødata vert registrerte og samla inn, og brukte som grunnlag for det kontinuerlege miljøarbeidet.

Servicesenteret for departementa vil årleg utarbeide ein miljørapport som viser resultatet av tiltaka innan kvart fokusområde som er nemnt ovanfor, og som gjev grunnlag for nye eller endring av pågåande miljøtiltak.

Statsbygg

Viktige miljøutfordringar

Farlege stoff

Bygg- og anleggsnæringa nyttar rundt 50 000 ulike produkt og 19 pst. av desse er klassifisert som helse- og miljøskadelege. Styresmaktene har prioritert å redusere eller fase ut bruken av eit utval av desse stoffa.

Energiforbruk

Oppføring av nybygg er ein viktig årsak til auka energibruk i Noreg. Det er utfordringar knytt til utforming og tekniske løysingar for nye bygg, og til energieffektivisering av eksisterande bygningsmasse. Bruk av fossilt brennstoff som energikjelde for oppvarming i offentlege bygg har ein klimapåverknad.

Material- og ressursforbruk

Byggjenæringa bruker store mengder byggjematerialar og er årleg opphav til over 1,5 mill. tonn byggjeavfall. 90 pst. av avfallet går til deponi. I tillegg vert store mengder materialar skifta ut etter kort tid som følgje av vatn- og fuktskadar. Byggjekostnadsprogrammet har vurdert at fukt- og vatnrelaterte byggjeskadar årleg kostar 12–15 mrd. kroner. Byggjematerialar med riktig kvalitet og innslag av resirkulerte materialar er viktige element for å få ned ressursbruken i byggjenæringa.

Klimaendring

Noreg skal redusere utslepp av klimagassar. Undersøkingar viser at bygg- og anleggsnæringa står for 13,5 pst. av klimapåverknaden i landet. Ca. 7 pst. av dette kjem frå produksjonen av byggjematerialar. Om lag 4 pst. av klimagassutsleppa frå BAE-næringa kjem frå drift av bygg. Mange offentlege bygg nyttar olje som oppvarmingskjelde. Utbygging av fjernvarme og betre marknadsvilkår for bruk av varmepumper og biobrenselanlegg vil gjere det mogleg å redusere desse utsleppa.

For perioden 2005–2009 har Statsbygg følgjande mål:

  • avgrense miljøbelasting ved val av produkt og materiale

  • redusere miljøbelastinga som følgje av avfallsproduksjon og -handtering

  • redusere energibehov og -bruk i bygg

  • implementere eit miljøstyringssystem som er sertifisert etter NS-EN ISO 14001.

Resultat i 2006 i høve til fastsette miljømål

Det er utarbeidd ein miljørekneskap for Statsbygg for 2006. Leiinga gjennomfører ei vurdering av dei oppnådde resultata kvart halvår og tilpassar om det trengs tiltak, mål og styringssystem. Hovudresultata så langt i målperioden er:

FoU- satsing

  • Statsbygg si FOU-satsing er i 2006 om lag 12 mill. kroner. Om lag 15 pst. av desse midlane var øyremerkt prosjekt som kan vere til hjelp for ei berekraftig utvikling innan byggje-, anleggs- og eigedomsnæringa. Arbeidet med utvikling av web-basert verkty for miljøprogrammering i byar og tettstader, «Miljøprogram.no.», vart ferdigstilt i 2006 og gjort tilgjengeleg for BAE-næringa

  • i 2006 initierte Statsbygg eit FOU-prosjekt der hovudmålet er å utvikle ein modell for klimagassrekneskap for utbyggingsprosjekt. Modellen kan verte eit tenleg verkty for framtidig resultatrapportering av mellom anna verksemda til Statsbygg. Prosjektet vert ferdigstilt våren 2007

  • nytt verkty og database for miljømedvitne produktval, «ECOproduct», vart ferdigstilt i 2006.

Kulturminne

Statsbygg har ei stor satsing på kulturminne. Området har eigen strategi og eigne planar og er i gang med eit omfattande arbeid med å registrere kulturhistoriske eigedomar.

Kompetanseheving

Det er gjennomført omfattande opplæringstiltak i organisasjonen for å auke kompetansen rundt alle tema i miljømåla våre.

Avgrensing av miljøbelasting ved val av produkt og materiale

  • Statsbygg sine standardkontraktar set no krav til å unngå bruk av farlege stoff som er oppførde på styresmaktene si obs-liste. Det skal rapporterast til Statsbygg dersom leverandørar ynskjer å nytte slike stoff

  • Statsbygg har innført forbod mot bruk av tropisk trevirke i bygg og på byggjeplassar for å redusere faren for bruk av trevirke frå regnskog. Resultata frå 2006 viser at dette kravet vert etterlevd

  • Statsbygg har nytta FOU-midlar og eigeninnsats til utvikling av nytt IT-program for miljømedvitne produktval, «ECOproduct».

Redusere miljøbelastinga som følgje av avfallsproduksjon og -handtering

  • det er utvikla eigne prosjekteringsrettleiingar for riveoppdrag. Desse rettleiingane vert nytta i alle relevante prosjekt

  • det er innført krav til kjeldesortering, avfallsmengder og kvartalsvise avfallsrekneskap i alle byggjeprosjekta. Resultat frå 2006 viser at ein ligg godt an i høve til målsetjinga om 60 pst. kjeldesortering.

Redusere energitrong og -bruk i bygg

Det er innført krav om energimål i alle nye byggjeprosjekt. Statsbygg har òg eit resultatkrav i høve til energibruk i heile eigedomsmassen. Energibruken skal vere maksimalt 210 kwh/m2. Energiforbruket var i 2006 ca. 211,7 kwh/m2, som er høgare enn resultatkravet. Noko av årsaka til det høge talet er stadig aukande brukstid på eigedomane.

Innføre miljøstyringssystem

Statsbygg vart i 2006 miljøsertifisert etter ISO 14001.

Aktuelle miljøtiltak på kort og lang sikt

I 2008 er følgjande tiltak planlagde:

  • auke miljøkompetansen internt i organisasjonen, hos eksterne samarbeidspartnarar og leigetakarar. Miljøkompetanse i Statsbygg sin eigen organisasjon er viktig, men Statsbygg er òg avhengig av miljøkompetansen i bransjen og hos leverandørar. Utvikling av miljøkompetanse i bransjen er difor eit fokusområde

  • vidareutvikle og vedlikehalde miljøstyringssystemet

  • gjennom FOU-satsing bidra til berekraftig utvikling og reduserte klimagassutslepp i heile verdikjeda

  • vidareutvikle systematikk i høve til miljøvern ved innkjøp av varer og tenester i statlege bygg

  • vidareutvikle miljøomsyn i kontraktrutinar.

Grøn stat

Statsbygg har innført miljøleiing som ein integrert del av styringssystema i organisasjonen. Prinsippa i miljøstandarden ISO 14001 er nytta som basis for miljøleiingssystemet. Denne standarden krev at organisasjonen gjennomfører ei kartlegging av dei viktigaste miljøpåverknadene og set seg miljømål for å forbetre desse. Vidare krev standarden at organisasjonen vurderer arbeids- og innkjøpsprosedyrane for å sikre viktige miljøtilhøve. Statsbygg vil framover ha fokus på å vidareutvikle og vedlikehalde miljøleiingssystemet.

Fornying, organisasjons- og strukturendring i statsforvaltninga

Nedanfor følgjer ei oversikt over fornyingstiltak på Fornyings- og administrasjonsdepartementet sitt fagområde:

Regjeringa har bestemt at alle publikumsretta statlege etatar skal gjennomføre brukarundersøkingar og at resultata som hovudregel skal offentleggjerast. Fornyings- og administrasjonsdepartementet vil no i samarbeid med departement og etatar setje i verk ei ny, større undersøking av kor nøgde brukarane er med offentlege tenester. Undersøkinga er meint å gje tenesteytarar og styresmakter betre von om å vidareutvikle kvaliteten på tenestene.

Det skal utarbeidast ein rettleiar som skal gje råd til dei offentlege etatane om korleis offentleg sektor kan verte betre både på brukarretting og brukarmedverknad.

Indikatorar for statleg ressursbruk, resultat, effektivitet og kvalitet skal synleggjerast på Internett ved hjelp av systemet StatRes. Systemet vert lansert hausten 2007 med fire pilotområde, og i 2008 vil det primært verte arbeidd med å fase inn fleire delar av statleg sektor.

Alle relevante elektroniske tenester som har innbyggjarar som målgruppe, skal vere tilgjengelege frå høvesvis innbyggjarportalen Miside og næringslivsportalen Altinn seinast innan utgangen av 2009.

Forsøk med redusert arbeidstid med tilbod til 330 tilsette som er 62 år eller eldre i staten er sett i gang. Forsøka skal gå over to år og gjennomførast i Skatteetaten, Statens vegvesen, fylkesmannsembeta og to bispedøme.

Direktoratet for forvaltning og IKT vert etablert for å styrkje arbeidet med fornying, IKT, leiing, organisering og omstilling, informasjonspolitikk og innkjøpspolitikk, og sørgje for at arbeidet på desse områda vert meir heilskapleg.

Bidra til gjennomføring av forvaltningsreforma, der fleire oppgåver skal flyttast frå statleg nivå til nye folkevalde regionar.

Forenkle klagehandsaminga i nokre føretakssamanslutningar der det er klårt at Konkurransetilsynet sitt vedtak vil verte omgjort, jf. endringane i konkurranselova § 21 som trer i kraft frå 2008 .

Ein brei gjennomgang av statens personal- og forvaltningspolitikk er sett i gang. Denne skal gje grunnlag for å identifisere trong for endring og reformer med sikte på betre oppgåveløysing og klårare rolledeling. Røynsler med omstillingsprosessar skal kartleggjast med sikte på å styrkje omstillingsevna i forvaltninga. Det skal utviklast ei plattform for leiarane i staten og høvelege verkemiddel som kan styrkje arbeidet deira med fornying og omstilling i samarbeid med tilsette og brukarar.

Oppfølging av § 1a i likestillingslova

Nedanfor vert arbeidet med likestilling internt i departementet, likestilling i staten og likestilling under Fornyings- og administrasjonsdeparte­mentet sine politikkområde omtalt.

Likestilling i Fornyings- og administrasjonsdepartementet

Kjønn fordelt på ulike stillingskategoriar

Det er ei nokså jamn fordeling mellom kjønn i departementet sett under eitt. Av 226 tilsette er 105 kvinner. Dette utgjer 46,5 pst.

Leiing

Den øvste administrative leiaren i departementet, departementsråden, er ei kvinne. Alle ekspedisjonssjefane er menn. Av mellomleiarar med personalansvar er det 6 kvinner i avdelingsdirektørstillingar. Dette utgjer 33,3 pst. av denne stillingskategorien. Når ein reknar med underdirektørstillingar med personalansvar og arkivleiar, utgjer kvinnedelen på mellomleiarnivå 40,9 pst. Av alle leiarane i departementet er 33,3 pst. kvinner.

Sakshandsamarar

I sakshandsamargruppa er kjønnsfordelinga relativt jamn når det gjeld rådgjevarane, der 46,6 pst. er menn. Menn er overrepresenterte i gruppa seniorrådgjevarar med 62,7 pst., og departementet har berre kvinnelege fyrstekonsulentar. Alle spesialrådgjevarane er menn.

Sekretærar

Departementet har berre kvinner i sekretærstillingar.

Løn

Innanfor dei ulike stillingskategoriane er det ingen vesentlege lønsskilnader mellom kvinner og menn. I dei fleste stillingskategoriane utgjer lønsskil­naden mellom kvinner og menn i underkant av eitt lønssteg. Unnataket er rådgjevarstillingane der differansen er 1,8 lønssteg til beste for kvinner. Samla ligg gjennomsnittsløna på lønssteg 55,2 for kvinner og på lønssteg 61,9 for menn per november 2006. Hovudforklåringa på ulikskapen er ei sterk overvekt av kvinner i dei lågare stillingskategoriane (sekretærar, fyrstesekretærar, seniorsekretærar og konsulentar) og ei overvekt av menn i avdelingsdirektør- og seniorrådgjevarstillingar.

Forhandlingar etter Hovudtariffavtalen pkt. 2.3.3 i 2006

Departementet gjennomførte lokale lønsforhandlingar etter HTA pkt. 2.3.3 i 2006. 50 kvinner og 44 menn vart forhandla fram. 52,37 pst. av dei totale lønsmidlane gjekk til kvinner.

Dei lokale lønsforhandlingane gav stillingsopprykk til 25 medarbeidarar; 12 menn og 13 kvinner. Kjønnsfordelinga til ulike stillingskategoriar var ikkje like jamn. Dobbelt så mange menn som kvinner gjekk opp til stilling som seniorrådgjevar, medan opprykk til dei ulike konsulentstillingane berre omfatta kvinner. Opprykk til stilling som rådgjevar var jamt fordelte mellom kjønna.

Forhandlingar etter Hovudtariffavtalen pkt. 2.3.4 i 2006

Ved gjennomføring av 2.3.4 forhandlingar vart 12 menn og 10 kvinner justerte opp i løn. Ei kvinne vart forhandla fram to gonger.

Kvinner fekk 41.7 pst. av lønsstega og gjekk i snitt opp 4.1 lønssteg, medan menn i snitt fekk ein auke på 5.3 lønssteg.

Rekruttering

Departementet hadde 15 faste tilsetjingar. Av desse var 9 kvinner og 6 menn. Kvinnedelen av dei nytilsette i 2006 var 60 pst.

Overtid

Menn nytta overtid i større grad enn kvinner, både i høve til tal på timar overtid og tal på medarbeidarar som jobba overtid. 34.2 pst. av overtida er registrert på kvinner.

Deltid

Per desember 2006 var 7 menn og 17 kvinner i deltidsstilling. Kvinnedelen av deltidstilsette er 70.8 pst.

Bruk av kompetansehevande tiltak

Sentrale stipendmidlar for 2006 er fordelte på 7 kvinner og 4 menn. Eit stipend vart òg gjeve til Norsk tenestemannslag. 70 pst. av midlane gjekk til kvinner.

Deltaking i større prosjekt og arbeidsgrupper

Fleire tilsette er med i større prosjekt og arbeidsgrupper. Deltaking i slike arbeidsformer kan både gje stor grad av medverknad, status og kompetanseheving. For 2006 er kvinnedelen totalt på 34,7 pst. for deltaking i interne, interdepartementale, nasjonale og internasjonale arbeidsgrupper og prosjekt. Kvinnedelen i internasjonale arbeidsgrupper og prosjekt er på 37,2 pst.

Likestillingstiltak

Departementet ynskjer å stimulere likestillingsarbeidet på viktige personalpolitiske område. I kunngjeringar av ledige leiarstillingar vert kvinner oppmoda til å søkje. Kvinnelege avdelingsdirektørar deltek i sjefsmøta i verksemda. Det vert lagt vekt på at kvinner får utviklingsoppgåver på lik line med menn. Departementet tilbyr individuell coaching til kvinnelege avdelingsdirektørar. Ved samansetjing av interne grupper og prosjekt legg ein vekt på å få ei lik kjønnsfordeling. Departementet har lagt til rette for heimekontor/fjernaksess som gjer det mogleg å arbeide heimanfrå. Dette vert mellom anna gjort for å leggje til rette for og støtte arbeidssituasjonen for tilsette i spesielle livsfasar, t.d. i samanheng med omsorg for små barn. Likestillingstal for departementet vert kunngjorde på intranettet med jamne mellomrom.

Likestilling i staten

Likestilling mellom kvinner og menn i det statlege tariffområdet

Fornyings- og administrasjonsdepartementet er overordna arbeidsgjevar og tariffpart i det statlege tariffområdet. Departementet har som overordna statleg arbeidsgjevar eit særleg ansvar for å leggje til rette for at den statlege personalpolitikken fører til likestilling mellom kjønna. Det at arbeidslivet legg til rette for at alle får høve til å utfalde seg, er ein viktig føresetnad for likestilling mellom kvinner og menn.

Likestillingstiltaka innan det statlege området har dei siste åra særleg vore retta mot å fremje likeløn mellom kvinner og menn, og mot målet om 40 pst. representasjon av begge kjønn i leiande stillingar i staten.

Likeløn i staten

Når det gjeld løn og kjønn, syner tal frå Statens Sentrale Tenestemannsregister (SST) for peri­oden 01.10.2002 til 01.10.2006 at kvinner har hatt ein høgare vekst enn menn i gjennomsnittleg inntening i månaden. I same periode har kvinnene auka sin del av utførte årsverk frå 42,7 pst. til 45,6 pst. Dette skuldast strukturelle endringar i det statlege tariffområdet og at prosentdelen av deltidsarbeidande kvinner er redusert.

Tabell 3.1 Tal årsverk og gjennomsnittleg månadsforteneste per årsverk 01.10.2002–01.10.2006

Tal årsverk

Gjennomsnittleg månadsforteneste per årsverk

01.10.2002

01.10.2006

01.10.2002

01.10.2006

Endring 2002-2006

Alle114 094119 23426 61330 90516,1 %
Kvinner48 67454 42724 66529 12318,1 %
Menn65 42064 80728 06332 40215,5 %

Staten er den sektoren i norsk økonomi som har minst skilnad i løn mellom kvinner og menn. Institutt for samfunnsforskning (ISF) har følgt lønsutviklinga i staten gjennom fleire år, og mellom anna særleg sett på lønsskilnadene mellom menn og kvinner.

Figur 3.2. presenterer tre ulike mål på lønsskilnaden mellom kvinner og menn i staten for perioden 1987–2006. Den øvste kurva viser bruttolønsgapet. Denne måler skilnaden i gjennomsnittsløn mellom kvinner og menn. I 1987 var gjennomsnittleg timeløn for kvinner 20,6 pst. lågare enn for menn. Denne lønsskilnaden er redusert til omtrent 11 pst. i 2006. Den neste kurva måler lønsskilnadene mellom menn og kvinner når vi òg kontrollerer for alder, utdanning, yrkeserfaring, ansiennitet, og arbeidstid. Denne kurva viser difor utvikling i ulik løn mellom kvinner og menn med elles lik utdanning, yrkeserfaring, ansiennitet og arbeidstid. Netto lønsskilnad mellom menn og kvinner er redusert frå 10 pst. i 1987 til 6,64 pst. i 2006. Den nedste kurva viser til slutt ulik løn mellom menn og kvinner i staten når vi òg kontrollerer for stilling. Vi ser at det er mindre skilnader i løn mellom kvinner og menn som har same stilling, og dette har halde seg stabilt i heile perioden 1987–2006.

Figur 3.1 
              Brutto lønsskilnad – viser statistisk
 skilnad mellom utbetalt løn for kvinner og menn utan kontroll
 for alder, utdanning, yrkeserfaring, ansiennitet eller arbeidstid.
              Netto lønsskilnad – viser ulik løn
 mellom kvinner og menn når det er kontrollert for alder,
 utdanning, yrkeserfaring, ansiennitet og arbeidstid.
              Innan stilling – viser netto lønsskilnad innan
 same type stillingar.

Figur 3.1 Tre mål på lønsskilnader mellom kvinner og menn i staten. 1987–2006. Prosent lågare timeløn for kvinner

Kjelde: Institutt for samfunnsforskning/SST

I lønsregulering for andre avtaleåret 2007 i staten vart det inngått avtale mellom staten og hovudsamanslutningane om at i dei lokale forhandlingane skulle kvinner ha ein større del av potten enn ei pro rata fordeling tilsa. Konklusjonen vart at i dei lokale forhandlingane bør det leggjast særleg vekt på å vurdere tilhøvet mellom innplassering av kvinner og menn i/og mellom stillingskodar ut ifrå tilsvarande kvalifikasjonar, oppgåver og ansvar, for å sikre at lønsopprykk til beste for kvinner ikkje kjem i strid med likestillingslova. I tillegg vart det gjeve 1 lønstrinn til alle på lønsrammer. Denne justeringa vart gunstig for kvinnelege tilsette, da fleire kvinner enn menn er plasserte i lønsrammer.

Fornyings- og administrasjonsdepartementet har òg gjennom Hovudavtalen i staten, som er inngått med hovudsamanslutningane i staten, lagt stor vekt på at alle dei statlege verksemdene, gjennom sine tilpassingsavtalar, skal sjå til at det vert gjeve reglar om likestilling mellom kjønna. Dette er særleg viktig når det gjeld kompetanseutviklingstiltak slik at kvinner vert tildelte kvalifiserande arbeidsoppgåver på line med menn, og at arbeidsgrupper og prosjekt vert sette saman av begge kjønn. Vidare skal det i kvar verksemd finnast kjønnsnøytrale kriterium for lønsfastsetting. Det skal òg på kvar arbeidsplass leggjast til rette for at kvinner og menn kan kombinere yrkesaktivitet med ulønt omsorgsarbeid. Vidare har dei statlege verksemdene eit særleg ansvar for å sjå til at det ikkje skjer diskriminering av gravide, eller av kvinner og menn som har omsorgsoppgåver.

Kvinner til leiarstillingar

I det statlege tariffområdet har kvinnedelen samla sett vore aukande frå 2000 til 2006, frå 26 pst. i 2000 til 37 pst. ved utgangen av 2006, sjå tabell 3.3. Det totale talet på kvinner har hatt ein svak auke, medan talet på menn er redusert. Kjønnsfordelinga i statleg sektor sett under eitt er tilfredsstillande og utviklinga er positiv frå eit likestillingsperspektiv. Det har difor ikkje vore naudsynt å gjere noko for å auke delen av kvinner i statleg forvaltning generelt. Nokre statlege etatar kan likevel ha utfordringar i høve til ei god fordeling mellom kjønna, og tiltak må difor skje på den einskilde arbeidsplass.

Tabell 3.2 Prosentdelen kvinner og menn i alle leiarstillingar og toppleiarstillingar i statleg sektor 2000– 2006

Leiargrupper

Kjønn

1.1.00

1.1.01

1.1.02

1.1.04

1.1.05

1.10.06
Alle leiarar i statenKvinner262928343637
Menn747172666463
ToppleiararKvinner162021232527
Menn848079777573

Kjelde: Statens sentrale tenestemannsregister

Ulike regjeringar har sett det som lite tilfredsstillande at kvinnedelen i leiande stillingar i statleg sektor har vore for låg. Det er sett eit måltal om at det skal vere 40 pst. representasjon av begge kjønn til leiarstillingar i statleg sektor innan 1. juli 2006. Sidan 2000 har prosentdelen av kvinner i leiande stillingar i staten auka jamt. Ved utgangen av 2006 var 37 pst. av dei ca. 9 000 leiarane i staten kvinner. I toppleiarstillingane er kjønnsfordelinga dårlegare. Av dei 300 toppleiarane med leiarlønskontrakt i staten var 27 pst. kvinner ved utgangen av 2006. Innsatsen dei siste åra har difor særleg vore retta mot å auke kvinnedelen i desse viktige stillingane.

Fornyings- og administrasjonsdepartementet har avslutta eit coachingprosjekt for kvinnelege avdelingsdirektørar som kan tenkje seg å søkje ein toppleiarjobb i staten. Tiltaket vart etablert etter at det i ei spørjeundersøking gjennomført av departementet, kom fram at om lag 40 pst. av kvinner i mellomleiarstillingar i staten ynskjer vidare leiarkarriere. Tiltaket vart avslutta med ei evaluering våren 2007.

Likestilling i politikkområda under Fornyings- og administrasjonsdepartementet

Datatilsynet / personvernområdet

Fagområdet til Datatilsynet har innverknad på alle innbyggjarane, og det kan ikkje seiast å vere skilnad på kvinner og menn når det gjeld til dømes verdiar, normer, rettar, medverknad eller representasjon. Likevel vil nokre av områda som Datatilsynet arbeider med vere meir retta mot eitt av kjønna. Til dømes vil bruk av personopplysningar ved krisesentra og diskusjonen rundt etablering av eit abortregister i hovudsak gjelde kvinner, og eit DNA-register vil i hovudsak gjelde menn.

Fylkesmannsembeta

Fylkesmannen arbeider innanfor ei rekkje fagområde som har stor relevans for kommunane sitt arbeid og i høve til tenesteyting til borgarane, til dømes innanfor jordbruk, miljø, utdanning, helse og på barne- og familieområdet. Fylkesmannen skal arbeide aktivt og målretta for å fremje likestilling og påverke kommunane til det same på alle politikkområda. Det vil òg i 2008 verte arbeidd med informasjonstiltak, mellom anna i form av kurs, for å betre innsatsen til Fylkesmannen etter kravet i likestillingslova om aktivitetsplikt.

Fylkesmannen skal stimulere til lokalt omstillings- og fornyingsarbeid og medverke til å skape ein kultur for omstilling i kommunane. Fylkesmennene sitt arbeid med omstilling og fornying må òg sjåast i samband med arbeidet knytt til likestilling.

Det må gjerast ei særskild vurdering innanfor dei spesifikke fagområda for å sjå om det trengst kjønnsspesifikke tiltak. Dette er delegert til fylkesmennene.

Servicesenteret for departementa

Innanfor fagområdet til Servicesenteret for departementa vil omtale av kjønnsperspektivet ikkje ha særleg relevans. Grunngjevinga er at Servicesenteret for departementa tek hand om tenesteytande oppgåver innanfor den interne departementsforvaltninga. Ingen av desse oppgåvene har, slik departementet ser det no, formål eller innhald som gjev grunnlag for særskilde likestillingspolitiske mål eller tiltak.

Statens Pensjonskasse

Det er fleire aspekt knytta til kjønnsnøytralitet innanfor pensjon og forsikring. I hovudtrekk går det på to element; kostnader for arbeidsgjevar og storleiken på ytinga for mottakar. For at ei ordning skal kunne kallast kjønnsnøytral må:

  • dei faste ytingane vere like for begge kjønn

  • arbeidsgjevar betale lik premie uavhengig av kjønn.

Utfordringa ligg på risikoelementa. Kvinner lever lenger og har høgare risiko for å verte uføre. Dette fører til at krava til forsikringsmessig avsetning til alders- og uførepensjon er høgare for kvinner enn for menn. Når det gjeld etterlatnedekning er situasjonen motsett. Fordi kvinner lever lenger enn menn er kostnaden for etterlatnedekning for ein kvinneleg tilsett lågare enn for ein mannleg tilsett. Dette vert fanga opp forsikringsmessig gjennom bransjetariffen. Ut frå reelle erfaringsbaserte skilnader i risikoelementa mellom kvinner og menn, er det ein motsetnad mellom det å ha like faste ytingar for begge kjønn og det at arbeidsgjevar skal betale lik premie uavhengig av kjønn. Skal premien vere lik må krava til dei forsikringsmessige avsetningane vere like. Kvinner vil i så fall få ei lågare fast yting, men over fleire år enn menn. Skal den faste ytinga vere lik vert premien ulik.

Bruttoordninga i Statens Pensjonskasse er kjønnsnøytral for medlemene fordi den faste pensjonen er lik for kvinner og menn. Det same gjeld for netto ytingsbaserte pensjonar i marknaden elles. Når det gjeld kostnaden for arbeidsgjevar er den ikkje kjønnsnøytral. For dei av Statens Pensjonskasse sine kundar som har fiktive fond vil den einskilde kunden kunne påverke premien gjennom å endre kjønnsfordelinga blant dei tilsette. Tilsvarande vil det vere for netto ytingsordningar i marknaden elles. For dei av Statens Pensjonskasse sine kundar som er ein del av eit premiefellesskap, vil ikkje kvar kunde sjølv kunne påverke kostnaden for si verksemd direkte, men for fellesskapet. Kjønnsnøytraliteten ligg i synleggjeringa av tala og kunden sitt høve til å påverke / diskriminere på grunnlag av kjønn. Dei reelle underliggjande skilnadene i levealder og uføreuttak er gjeldande og vert tekne omsyn til, men på eit aggregert nivå.

Nedanfor blir storleikar viste frå Statens Pensjonskasse sin statistikk for 2006, fordelte på kjønn.

Pensjonsart

Brutto utbetalt %

Mengda pensjonar

Mengda pensjonar %

Uførepensjon
 Menn8,8%17 8548,0%
 Kvinner13,1%37 19316,7%
Enkje/enkjemannspensjon
 Menn0,7%5 7002,6%
 Kvinner14,2%40 19618,1%
Annan pensjon
 Menn41,7%66 59829,9%
 Kvinner21,5%55 02924,7%
Sum
 Menn51,2%90 15240,5%
 Kvinner48,8%132 41859,5%
Totalt100,0%222 570100,0%

Annan pensjon består av alderspensjon, avtalefesta pensjon, spesiell førtidspensjon og barnepensjon.

Statsbygg

Statsbygg er ein viktig bidragsytar innan statleg tenesteproduksjon og forvaltning, mellom anna gjennom rådgjeving, byggherrearbeid, forvaltning av statleg eigedom, utviklingsprosjekt og arealplanlegging. I høve til desse oppgåvene er det ei sentral utfordring å jamleg tilpasse eigedomsmassen til det brukarane treng, inkludert tilkomst for rørslehemma.

Ei særskild vurdering av kjønn trengst ikkje, då særskilde omsyn vert tekne opp i vurderinga av det brukarane treng.

Konkurransetilsynet

Konkurranselova gjeld næringslivet, og forvaltninga av lova skil ikkje mellom kjønna. Ein har ikkje vurdert nærare om Konkurransetilsynet, med eller utan medvit, legg vekt på saker frå marknader som har ulik deltaking frå dei ulike kjønna.

Omtale av tilsetjingsvilkåra til leiarar i heileigde statlege verksemder

Statskonsult AS

Administrerande direktør mottok i 2006 løn på 1 128 000 kroner. Pensjonsutgiftene til Statens pensjonskasse utgjorde 203 000 kroner og andre ytingar utgjorde 21 000 kroner. Administrerande direktør har avtale om etterløn for ein periode på inntil 12 månader.