2 Oppgåve frå departementa over konstitueringar i embete og over mellombelse og oppretta stillingar i perioden 01.07.2006–30.06.2007
Arbeids- og inkluderingsdepartementet
Ein dommar i Arbeidsretten er konstituert for perioden 1. mars 2007 til 31. august 2008, som ei prøveordning med ein tredje fast dommar.
Finansdepartementet
Ein avdelingsdirektør er framleis konstituert for ca. 1 år, fordi den faste stillingsinnehavaren har permisjon.
Fornyings- og administrasjonsdepartementet
Ein avdelingsdirektør er konstituert i embetet frå 6. august 2007 til 31. januar 2008, fordi den faste stillingsinnehavaren har permisjon.
Forsvarsdepartementet
Ein underdirektør er konstituert i embetet frå 22. september 2006 til 5. september 2007, fordi den faste stillingsinnehavaren har permisjon.
Helse- og omsorgsdepartementet
Ein fylkeslege er konstituert i embetet frå 7. september 2006 til 3. september 2007, fordi den faste stillingsinnehavaren har studiepermisjon.
Justis- og politidepartementet
Ein fyrstestatsadvokat er konstituert i embetet frå 4. august, men ikkje utover 31. des. 2006, fordi den faste stillingsinnehavaren skal gjere teneste i Eurojust.
Ein statsadvokat er konstituert i embetet frå 4. august, men ikkje utover 31. des. 2006, fordi den faste stillingsinnehavaren er langtidssjukmeldt.
Ein ekstraordinær lagdommar er konstituert i embetet frå 1. desember 2006 til og med 30. november 2008, fordi det var trong for ein ekstraordinær dommar.
Ein ekstraordinær lagdommar er konstituert i embetet frå 1. september 2006 til og med 31. august 2008, fordi det var trong for ein ekstraordinær dommar.
Ein dommar er konstituert i embetet frå 10. august og så lenge Høgsterett bestemmer, men ikkje utover 31. desember 2006.
Ein lagdommar er framleis konstituert i embetet frå 1. august til og med 31. desember 2006.
Ein ekstraordinær lagdommar er konstituert i embetet frå 1. desember 2006 til og med 30. november 2008, fordi det var trong for ein ekstraordinær dommar.
Ein ekstraordinær lagdommar er konstituert i embetet frå 1. november 2006 til og med 31. oktober 2008, fordi det var trong for ein ekstraordinær dommar.
Ein tingrettsdommar er konstituert i embetet frå 1. desember 2006 til 31. august 2007 med høve til forlenging, pga. sjukdom.
Ein dommar er framleis konstituert i embetet med tiltreding frå 1. januar 2007 og så lenge Høgsterett bestemmer, men ikkje utover 8. april 2007.
Ein sorenskrivar er framleis konstituert i embetet fordi strukturendringane i Stavanger er utsette til 1. juli 2007. Det er difor trong for ei forlenging av noverande konstitusjon.
Ein avdelingsdirektør er konstituert i embetet for inntil to år frå 1. januar 2007, fordi den faste stillingsinnehavaren skal arbeide med ny straffelov.
Ein lovrådgjevar er konstituert i embetet for inntil to år frå 1. januar 2007, fordi den faste stillingsinnehavaren er konstituert som avdelingsdirektør.
Ein direktør er konstituert i embetet til og med 31. desember 2007, fordi den faste stillingsinnehavaren skal leie eit prosjekt.
Ein statsadvokat er framleis konstituert i embetet til og med 31. desember 2007, fordi den faste stillingsinnehavaren har permisjon.
Ein statsadvokat er framleis konstituert i embetet til og med 30. juni 2007, fordi arbeidssituasjonen er svært hardt pressa og det er naudsynt å styrkje bemanninga.
Ein lovrådgjevar er framleis konstituert i embetet til og med 30. juni 2007, fordi den faste stillingsinnehavaren har permisjon.
To statsadvokatar er framleis konstituerte i embeta til og med 30. juni 2007, fordi dei faste stillingsinnehavarane har permisjon.
Ein dommar er konstituert i embetet frå 16. april 2007 til og med 20. mai 2007, fordi den faste stillingsinnehavaren har fått permisjon utan løn.
Ein ekstraordinær lagdommar er konstituert i embetet frå 1. april 2007 til og med 28. februar 2009 fordi det var trong for ein ekstraordinær dommar.
Ein statsadvokat er framleis konstituert i embetet, men ikkje ut over 31. desember 2009, fordi den faste stillingsinnehavaren gjer teneste i Eurojust.
Ein dommar er konstituert i embetet frå 23. april 2007 til og med 17. juni 2007, fordi den faste stillingsinnehavaren er sjukmeldt.
To ekstraordinære lagdommarar er konstituerte frå 1. juni 2007 til 31. mars 2009, fordi det var trong for ekstraordinære dommarar.
Ein statsadvokat er framleis konstituert i embetet til og med 28. februar 2008.
Ein lagdommar er konstituert i embetet frå 1. mai 2007 til 30. april 2008, fordi den faste stillingsinnehavaren er mellombels uføretrygda.
Ein tingrettsdommar er konstituert i embetet frå 14. mai 2007, førebels for eit år, med mogleg høve til forlenging.
Ein ekstraordinær lagdommar er konstituert i embetet frå 1. januar 2008 til og med 31. desember 2009, fordi det er trong for ein ekstraordinær dommar i lagmannsretten.
Ein ekstraordinær lagdommar er konstituert i embetet frå 1. august 2007 til og med 31. mai 2009, fordi det er trong for ein ekstraordinær dommar.
Ein visepolitimeister er framleis konstituert i embetet fram til 1. januar 2008.
Kommunal- og regionaldepartementet
Ein underdirektør er konstituert i embetet frå 16. august 2007 til 15. august 2009, fordi den faste stillingsinnehavaren har permisjon.
Kunnskapsdepartementet
Ein avdelingsdirektør er konstituert i embetet frå 15. februar 2007, fordi den faste stillingsinnehavaren har permisjon for å arbeide i ei anna stilling fram til august 2008.
Ein avdelingsdirektør er konstituert i embetet frå 11. desember 2006 til 31. desember 2007, fordi den faste stillingsinnehavaren har permisjon for å leie sekretariatet til Stjernø-utvalet.
Kultur- og kyrkjedepartementet
Ein departementsråd er konstituert i embetet frå 10. april 2007 til og med 31. desember 2009, fordi den faste stillingsinnehavaren har permisjon.
Landbruks- og matdepartementet
Ein avdelingsdirektør er konstituert i embetet for inntil to år frå 26. februar 2007, fordi den faste stillingsinnehavaren har permisjon.
Nærings- og handelsdepartementet
Ein avdelingsdirektør er konstituert i embetet frå 1. januar til 31. mai 2007, fordi den faste stillingsinnehavaren har permisjon.
Olje- og energidepartementet
Ein avdelingsdirektør er konstituert i embetet frå 24. november 2006 og fram til 1. august 2007, fordi den faste stillingsinnehavaren har permisjon.
Samferdselsdepartementet
Ein underdirektør er konstituert i embetet frå 30. mars 2007 og ca. 1 år, fordi den faste stillingsinnehavaren har permisjon.
Embetsutnemningar – fordeling av stillingar i perioden 1. juli 2002 – 30. juni 2007
Område | 2002–2003 | 2003–2004 | 2004–2005 | 2005–2006 | 2006–2007 | Heile perioden 2002–2007 | ||||||||||||
---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
Totalt | Kvinner | Menn | Totalt | Kvinner | Menn | Totalt | Kvinner | Menn | Totalt | Kvinner | Menn | Totalt | Kvinner | Menn | Totalt | Kvinner | Menn | |
SMK | 2 | 1 | 1 | 0 | 0 | 0 | 2 | 0 | 2 | 1 | 0 | 1 | 0 | 0 | 0 | 5 | 1 | 4 |
AAD | 10 | 7 | 3 | 5 | 1 | 4 | 2 | 1 | 1 | – | – | – | – | – | – | 17 | 9 | 8 |
BFD | 3 | 2 | 1 | 2 | 0 | 2 | 3 | 2 | 1 | 1 | 1 | 0 | – | – | – | 9 | 5 | 4 |
FIN | 11 | 6 | 5 | 17 | 6 | 11 | 17 | 7 | 10 | 22 | 10 | 12 | 11 | 3 | 8 | 78 | 32 | 46 |
FID | 2 | 0 | 2 | 3 | 0 | 3 | 0 | 0 | 0 | – | – | – | – | – | – | 5 | 0 | 5 |
FD | 72 | 4 | 68 | 66 | 4 | 62 | 47 | 0 | 47 | 28 | 2 | 26 | 27 | 6 | 21 | 240 | 16 | 224 |
JD | 109 | 40 | 69 | 52 | 23 | 29 | 103 | 27 | 76 | 108 | 33 | 75 | 106 | 42 | 64 | 478 | 165 | 313 |
KRD | 10 | 4 | 6 | 6 | 2 | 4 | 12 | 4 | 8 | 13 | 8 | 5 | 4 | 1 | 3 | 45 | 19 | 26 |
LD | 13 | 5 | 8 | 15 | 6 | 9 | 2 | 0 | 2 | – | – | – | – | – | – | 30 | 11 | 19 |
MD | 3 | 1 | 2 | 5 | 3 | 2 | 2 | 1 | 1 | 4 | 3 | 1 | 7 | 5 | 2 | 21 | 13 | 8 |
NHD | 8 | 5 | 3 | 1 | 1 | 0 | 5 | 3 | 2 | 5 | 0 | 5 | 8 | 4 | 4 | 27 | 13 | 14 |
OED | 6 | 0 | 6 | 8 | 0 | 8 | 3 | 1 | 2 | 9 | 2 | 7 | 5 | 0 | 5 | 31 | 3 | 28 |
SD | 5 | 2 | 3 | 5 | 0 | 5 | 3 | 1 | 2 | 4 | 2 | 2 | 8 | 3 | 5 | 25 | 8 | 17 |
UD | 91 | 24 | 67 | 68 | 15 | 53 | 82 | 18 | 64 | 83 | 29 | 54 | 109 | 42 | 67 | 433 | 128 | 305 |
Departement frå 1. januar 2002: | ||||||||||||||||||
HD | 13 | 8 | 5 | 8 | 3 | 5 | 0 | 0 | 0 | – | – | – | – | – | – | 21 | 11 | 10 |
KKD | 6 | 3 | 3 | 6 | 2 | 4 | 13 | 5 | 8 | 13 | 4 | 9 | 14 | 7 | 7 | 52 | 21 | 31 |
SOS | 3 | 2 | 1 | 5 | 2 | 3 | 1 | 0 | 1 | – | – | – | – | – | – | 9 | 4 | 5 |
UFD | 5 | 2 | 3 | 8 | 6 | 2 | 10 | 6 | 4 | 10 | 5 | 5 | – | – | – | 33 | 19 | 14 |
Departement frå 1. oktober 2004: | ||||||||||||||||||
ASD | 10 | 3 | 7 | 5 | 0 | 5 | – | – | – | 15 | 3 | 12 | ||||||
HOD | 6 | 3 | 3 | 13 | 8 | 5 | 12 | 5 | 7 | 31 | 16 | 15 | ||||||
MOD | 6 | 3 | 3 | 3 | 0 | 3 | – | – | – | 9 | 3 | 6 | ||||||
FKD | 2 | 2 | 0 | 4 | 1 | 3 | 2 | 1 | 1 | 8 | 4 | 4 | ||||||
LMD | 8 | 4 | 4 | 7 | 3 | 4 | 4 | 0 | 4 | 19 | 7 | 12 | ||||||
Departement frå 1. januar 2006: | ||||||||||||||||||
AID | 7 | 3 | 4 | 17 | 10 | 7 | 24 | 13 | 11 | |||||||||
BLD | 2 | 2 | 0 | 2 | 0 | 2 | 4 | 2 | 2 | |||||||||
KD | 10 | 6 | 4 | 7 | 5 | 2 | 17 | 11 | 6 | |||||||||
FAD | 3 | 3 | 0 | 5 | 1 | 4 | 8 | 4 | 4 | |||||||||
Totalt | 372 | 116 | 256 | 280 | 74 | 206 | 339 | 91 | 248 | 355 | 125 | 230 | 348 | 135 | 213 | 1694 | 541 | 1153 |
Prosentvis kjønnsfordeling på tilsette
2002–2003 | 2003–2004 | 2004–2005 | 2005–2006 | 2006–2007 | |||||
---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
Kvinner | Menn | Kvinner | Menn | Kvinner | Menn | Kvinner | Menn | Kvinner | Menn |
31% | 69% | 26% | 74% | 27% | 73% | 35% | 65% | 39% | 61% |
Prosentvis kjønnsfordeling på tilsette for heile perioden 2002–2007 | Kvinner 32% | Menn 68% |