Del 2
Nærmare om budsjettforslaget
Programkategori 07.10 Administrasjon
Utgifter under programkategori 07.10 fordelte på kapittel
(i 1 000 kr) | |||||
---|---|---|---|---|---|
Kap. | Nemning | Rekneskap 2006 | Saldert budsjett 2007 | Forslag 2008 | Pst. endr. 07/08 |
200 | Kunnskapsdepartementet | 204 104 | 203 841 | 210 633 | 3,3 |
204 | Foreldreutvalet for grunnskolen | 6 177 | 7 192 | -100,0 | |
206 | Samisk utdanningsadministrasjon | 29 423 | 30 572 | -100,0 | |
Sum kategori 07.10 | 239 704 | 241 605 | 210 633 | -12,8 |
Inntekter under programkategori 07.10 fordelte på kapittel
(i 1 000 kr) | |||||
---|---|---|---|---|---|
Kap. | Nemning | Rekneskap 2006 | Saldert budsjett 2007 | Forslag 2008 | Pst. endr. 07/08 |
3200 | Kunnskapsdepartementet | 10 567 | 2 982 | 3 110 | 4,3 |
3204 | Foreldreutvalet for grunnskolen | 450 | 253 | -100,0 | |
Sum kategori 07.10 | 11 017 | 3 235 | 3 110 | -3,9 |
Kap. 200 Kunnskapsdepartementet
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2006 | Saldert budsjett 2007 | Forslag 2008 |
01 | Driftsutgifter | 196 996 | 196 488 | 203 300 |
21 | Særskilde driftsutgifter | 4 711 | 4 874 | 4 792 |
45 | Større utstyrsinnkjøp og vedlikehald , kan overførast | 2 397 | 2 479 | 2 541 |
Sum kap. 200 | 204 104 | 203 841 | 210 633 |
Rapport for 2006–07
Kunnskapsdepartementet har ansvar for utviklinga av kunnskapssamfunnet gjennom barnehage, utdanning, livslang læring og forsking. I perioden 2006–07 har departementet i tillegg til dei faste budsjettproposisjonane utarbeidd følgjande meldingar og proposisjonar som er lagde fram for Stortinget:
Ot.prp. nr. 37 (2006–2007) Om lov om endringar i friskolelova
Ot.prp. nr. 39 (2006–2007) Om lov om endringer i lov 20. juni 2003 nr. 56 om fagskoleutdanning
Ot.prp. nr. 41 (2006–2007) Om lov om endringar i opplæringslova og friskolelova
Ot.prp. nr. 67 (2006–2007) Om lov om endring i lov 1. april 2005 nr. 15 om universiteter og høyskoler
Ot.prp. nr. 71 (2006–2007) Om lov om studentsamskipnader
St.meld. nr. 16 (2006–2007) …og ingen sto igjen. Tidlig innsats for livslang læring
St.prp. nr. 21 (2006–2007) Om endringer på statsbudsjettet for 2006 under Kunnskapsdepartementet
St.prp. nr. 39 (2006–2007) Om endringer på statsbudsjettet for 2007 under Kunnskapsdepartementet
Departementet la fram Ot.prp. nr. 37 (2006–2007) Om forslag til endring i friskolelova. Mellom anna blir det stilt krav om at skolane må drive verksemda si på eit særskilt grunnlag for å kunne bli godkjende etter den nye privatskolelova, sjå omtale under kap. 228.
Regjeringa har fremma forslag om endringar i fagskolelova, jf. Ot.prp. nr. 39 (2006–2007) Om forslag om endringar i fagskolelova. Endringane inneber mellom anna at tilbydarar av godkjend fagskoleutdanning skal ha tilfredsstillande interne system for kvalitetssikring, sjå omtale under kap. 276.
Våren 2007 vedtok Stortinget fleire endringar i opplæringslova, jf. Innst. O. nr. 87 (2006–2007) og Ot.prp. nr. 41 (2006–2007). Ei ny føresegn pålegg skoleeigar å halde elevane i vidaregåande opplæring med nødvendige trykte og digitale læremiddel og digitalt utstyr. Ei anna ny føresegn i opplæringslova pålegg skoleeigar å sørgje for at elevane ikkje blir utsette for reklame som er eigna til å skape kommersielt press eller som i stor grad kan påverke holdningar, åtferd og verdiar. Ei føresegn om ulykkesforsikring skal sørgje for at alle elevar har forsikringsmessig dekning ved ulykker. For å betre kvaliteten i fag- og yrkesopplæringa er føresegnene i opplæringslova om fag- og yrkesopplæring forenkla og tilpassa behova i dag.
Departementet la fram Ot.prp. nr. 67 (2006–2007) med forslag om å endre universitets- og høgskolelova § 1-5, som i dag heimlar institusjonell autonomi for universiteta og høgskolane. I følgje endringsforslaget skal lova også heimle den individuelle akademiske fridommen, sjå nærmare omtale under del I Hovudprioriteringar.
Departementet la fram Ot.prp. nr. 71 (2006–2007) om forslag til ny studentsamskipnadslov i juni 2007, sjå kap. 270 post 74.
Hausten 2006 la Regjeringa fram St.meld. nr. 16 (2006–2007) …og ingen sto igjen. Tidlig innsats for livslang læring. Meldinga er ein gjennomgang av årsakene til at nokre grupper systematisk lykkast mindre enn andre i utdanning og arbeidsliv. Det blir foreslått ei rekkje tiltak i heile utdanningssystemet som vil kunne medverke til sosial utjamning, sjå omtale under del I Hovudprioriteringar og programkategoriane 07.20, 07.30 og 07.50.
Regjeringa har lagt fram eit forslag om endring i tilskott til private skolar i 2007. Sjå omtale av St.prp. nr. 39 (2006–2007) Om endringer på statsbudsjettet for 2007 under Kunnskapsdepartementet under kap. 228 post 70.
Departementet har vidareført arbeidet med å sikre eit godt kunnskapsgrunnlag for framtidig politikkutvikling på områda til departementet, mellom anna ved bestilling av rapportar frå eksterne analysemiljø.
Departementet har i samarbeid med Noregs forskingsråd, Program for velferdsforsking, arrangert eit forskarseminar om barnehageforsking. Formålet med seminaret var å få forskingsbasert kunnskap til bruk i politikkutforminga. I samband med kompetanseløftet for barnehagesektoren, vart det i 2006 løyvd 15,5 mill. kroner til ei utviding av eit FoU-program i regi av Noregs forskingsråd om praksisretta forsking, med sikte på å inkludere barnehagane. Denne satsinga er vidareført i 2007. Kunnskapsdepartementet fastsette våren 2006 forskrift om rammeplan for innhaldet i og oppgåvene til barnehagen.
Kunnskapsløftet, reforma i grunnopplæringa, er i rute. Departementet har prioritert arbeidet med nye læreplanar i 2006. Utdanningsdirektoratet har starta ei evaluering av Kunnskapsløftet som skal gå fram til 2011. Informasjon om reforma er no ein integrert del av vevsida til departementet på Regjeringen.no. Den store satsinga på kompetanseutvikling i tilknyting til Kunnskapsløftet er ført vidare. I perioden 2005–07 er det til saman løyvd meir enn 1 mrd. kroner til kommunane til reformrelatert kompetanseutvikling.
Det nasjonale kvalitetsvurderingssystemet for grunnopplæringa omfattar nasjonale prøver for elevar. Evalueringa av dei nasjonale prøvene frå 2005 viste at kvaliteten ikkje var tilfredsstillande. Regjeringa ønskte derfor å forbetre kvaliteten på prøvene, og det vart bestemt at ein ikkje skulle gjennomføre prøver i 2006 for å få tid til å utvikle nye prøver. Dei nye nasjonale prøvene skal gjennomførast hausten 2007 for 5. og 8. trinn.
Noregs forskingsråd har gjennomført ei evaluering av Kvalitetsreforma. Regjeringa vil leggje fram ei melding til Stortinget om oppfølging av Kvalitetsreforma hausten 2007, sjå nærmare omtale i programkategori 07.60. Forskingsrådet har på oppdrag frå Kunnskapsdepartementet utarbeidd eit forslag til nytt finansieringssystem for forskingsinstitutta. Kunnskapsdepartementet har saman med dei andre departementa vurdert og behandla forslaget frå Forskingsrådet. Det ligg no føre eit forslag til grunnleggjande prinsipp for eit nytt finansieringssystem for forskingsinstitutta. For ein nærmare omtale av desse hovudprinsippa, sjå del III kap. 5 Forsking og utvikling i statsbudsjettet.
Departementet har teke initiativ til ei ekstern evaluering av Nasjonalt organ for kvalitet i utdanninga (NOKUT). Evalueringa skal gi departementet meir kunnskap om korleis NOKUT utfører dei oppgåvene som er pålagde i lov, og om NOKUT tilfredsstiller kriteria for medlemsskap i European Association for Quality Assurance Agencies. Sjå omtale under kap. 281.
I oktober 2006 oppnemnde kunnskapsministeren eit offentleg utval som mellom anna skulle gi råd om studieforbundas oppgåver og rolle for den einskilde, for arbeidslivet og samfunnet i breitt perspektiv. Utvalet leverte utgreiinga si (NOU 2007:11 Studieforbund - læring for livet) i september 2007.
Departementet har lagt til rette for norsk deltaking i internasjonale barnehage- og utdanningsfora. Dette er viktig for å auke kunnskapen om forhold som medverkar til eit kompetansetilbod som gir god avkastning til både samfunnet og den einskilde på investeringar i barnehage og utdanning. Noreg hadde formannskapet i Nordisk Ministerråd i 2006. Departementet har førebudd aktiv norsk deltaking i EUs komitear for sjuande rammeprogram for forsking og teknologisk utvikling og det nye programmet for livslang læring. Vidare har departementet vore ein pådrivar for endra styringsstruktur i OECD på utdanningssida. Departementet har i 2006 også utarbeidd ein strategi for bilateralt utdannings- og forskingssamarbeid, og styrkt norsk medverking i UNESCO.
Departementet har vidareført arbeidet for å styrkje integreringa av internasjonalt arbeid i nasjonal politikkutforming.
Departementet arbeider med å utvikle form og innhald i etatsstyringa. Mellom anna er det sett igang prosessar for å betre tildelingsbrev og etatsstyringsmøtet. I 2006 har departementet særleg arbeidd med å hjelpe verksemdene til å ta risikovurdering meir i bruk i mål- og resultatstyringa. Risikovurdering er eit verkemiddel for å betre styringa. Departementet legg opp til at verksemdene skal dokumentere risikovurderingane sine.
Departementet har arbeidd vidare med å utvikle betre heilskap og samanheng i departementsarbeidet og ei meir føremålstenleg oppgåveløysing. Departementet sitt arbeid for likestilling mellom kjønna blir omtalt i del V kap. 8 Likestilling i barnehage-, utdannings- og forskingssektoren.
I 2006–07 har Riksrevisjonen levert to forvaltningsrevisjonsundersøkingar til Stortinget som mellom anna tek føre seg forvaltningsområdet til Kunnskapsdepartementet. Sjå Dokument nr. 3:8 (2006–2007) Forvaltninga av Svalbard og Dokument nr. 3:12 (2006–2007) Biologisk mangfold. Vidare har Riksrevisjonen varsla oppstart eller sett i gang ytterlegare fire forvaltningsrevisjonsprosjekt. Departementet har levert 28 meldingar for 2006 om forvaltninga av statens eigarinteresser i selskap der staten er dominerande eigar eller eineeigar. Sjå omtale under kategoriane 07.20 og 07.60.
Departementet er ei inkluderande arbeidslivsverksemd, og har arbeidd med gjennomføring av tiltak i samsvar med avtalen om inkluderande arbeidsliv. Som ledd i denne avtalen er det mellom anna gjennomført eit pilotprosjekt for seniorar med mål om å få seniorar til å stå lenger i arbeid. Departementet har eit legemeldt sjukefråvær på 3,37 pst. 1. januar 2007 var det 293 årsverk lønte over kap. 200 og 14 årsverk lønte over fagkapittel knytte til einskilde prosjekt over budsjettet til Kunnskapsdepartementet. Dette er ein auke på ti årsverk frå 1. januar 2006 og kjem mellom anna av at Kunnskapsdepartementet overtok ansvaret for barnehagepolitikken i 2006.
Kommunikasjonseininga i departementet er styrkt med fleire medarbeidarar. Hovudmålet har vore å sikre betre informasjon til sektorane under Kunnskapsdepartementet. Mellom anna starta departementet utgivinga av eit nytt elektronisk nyheitsbrev i mars 2007. I tillegg har departementet teke over informasjonsansvaret på barnehageområdet.
Departementet deltok gjennom 2006 i arbeidet med å samordne dei mange nettstadene på utdanningsfeltet. Arbeidet gir resultat, både gjennom betre samordning og nye rutinar for deling av informasjon.
Mål for 2008
Måla for løyvinga over kap. 200 er knytte til drift av Kunnskapsdepartementet. Dei faglege måla for departementet er omtalte i dei aktuelle fagkapitla.
Mål: Sikre eit godt grunnlag for utforming av kunnskapspolitikken
Kunnskapsdepartementet skal sikre at Regjeringa har eit godt grunnlag for kunnskapspolitikken, det vil seie politikk for barnehage-, utdannings- og forskingssektoren og for den tverrgåande kompetansepolitikken.
Departementet skal kjenne godt til korleis kunnskapspolitikken verkar. For å oppnå dette skal departementet leggje vekt på systematisk analyse og utviklingsarbeid. I tillegg skal departementet halde seg oppdatert om forsking som er relevant for utforminga av kunnskapspolitikken. Departementet skal også vere godt orientert om problemforståinga til sentrale samfunnsaktørar.
Internasjonalt arbeid skal vere integrert i nasjonal politikkutforming. Det internasjonale samarbeidet skal medverke både til å fremje norske interesser internasjonalt og til å inkludere internasjonale tilhøve i utforming av norsk politikk.
Mål: Sikre at kunnskapspolitikken blir sett i verk
Kunnskapsdepartementet skal sikre at den nasjonale kunnskapspolitikken blir sett i verk og gjennomført i tråd med føresetnadene. Vellykka iverksetjing krev at ikkje berre departementet, men også andre aktørar i sektoren arbeider i samsvar med politikken som er vedteken. Eit viktig element er derfor at departementet lykkast i å formidle kunnskapspolitikken slik at politikken er godt kjend blant alle relevante aktørar.
Departementet har ansvar for styring av enkeltverksemder og styring av heile sektorar. Mål- og resultatstyring er hovudmodellen i styringa av underliggjande verksemder. Risikostyring er ein integrert del av denne hovudmodellen. Måla for underliggjande verksemder skal vere tydelege, prioriterte og skal spegle kunnskapspolitikken.
Departementet skal òg medverke til god økonomistyring i underliggjande verksemder, slik at politikken blir sett i verk innanfor fastsette rammer.
Ved utforminga av tiltaka som skal setje i verk politikken, er det viktig å ha kunnskap om verknader av ulike politikkverkemiddel. Departementet skal gjennomføre evalueringar for å skaffe fram slik informasjon.
Mål: Sikre god dialog med relevante aktørar i samfunnet
Kunnskapsdepartementet skal ha eit nært samspel med dei ulike aktørane innanfor barnehage-, utdannings- og forskingssektoren. Departementet skal fange opp tilbakemeldingar og spørsmål frå sektoren. God kommunikasjon og open dialog står sentralt i eit slikt arbeid. Dialog med sektoren er ei støtte både i utforminga av politikken og i iverksetjinga.
Kunnskapspolitikken er eit sentralt politikkområde, som har verknader utanfor eigen sektor. Det er derfor også naudsynt med dialog og samspel med samfunnsaktørar utanfor sektoren. Departementet skal styrkje kommunikasjonen mot relevante samfunnsaktørar.
Både aktørar i sektoren, brukarar og allmenta har bruk for informasjon om kunnskapspolitikken. Departementet skal sørgje for at lettfatteleg informasjon er tilgjengeleg både i skriftleg trykt materiale og elektronisk.
Kunnskapsdepartementet skal vere ein interessant, konstruktiv og aktiv deltakar i internasjonale fora. Det same gjeld norsk deltaking i det bilaterale forskingspolitiske samarbeidet.
Budsjettforslag for 2008
Løyvinga på post 01 skal dekkje lønn og driftsutgifter i departementet. Det blir foreslått å overføre 1,5 mill. kroner frå kap. 281 post 01. Midlane skal nyttast til å byggje opp større kompetanse på samfunnsøkonomisk analyse internt i departementet. Kunnskapsdepartementet tek med dette sikte på å bli mindre avhengig av eksterne konsulentar i kvalitetssikring av store prosjekt.
For å sikre ei god oppfølging av Barnehageløftet er det nødvendig å styrke forvaltninga av barnehagepolitikken i departementet. Det er derfor foreslått å auke løyvinga på post 01 med 1 mill. kroner mot ein tilsvarande reduksjon av løyvinga på kap. 231 post 21.
Løyvinga på post 21 dekkjer mellom anna utgifter knytte til arbeidet i regjeringa med forskingspolitikken og utgifter knytte til drift av den norske UNESCO-kommisjonen. Det blir foreslått å overføre kr 292 000 til Utdanningsdirektoratet på kap. 220 post 01. Midlane skal dekkje utgifter til oppgåver knytte til Europa i skolen og ASPnet som vart overførte til direktoratet i 2005.
Løyvinga på post 45 gjeld kjøp av datautstyr, programvare og tenester som blir nytta i utviklinga av IKT-systemet i departementet. Løyvinga blir foreslått ført vidare på same nivå som i 2007.
Løyvingane på post 01 kan overskridast mot tilsvarande meirinntekter på kap. 3200 post 02, jf. forslag til vedtak II nr. 1.
Kap. 3200 Kunnskapsdepartementet
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2006 | Saldert budsjett 2007 | Forslag 2008 |
02 | Salsinntekter o.a. | 1 893 | ||
05 | Refusjon utdanningsbistand NORAD o.a. | 3 518 | 2 982 | 3 110 |
16 | Refusjon av fødselspengar/adopsjonspengar | 2 971 | ||
17 | Refusjon for lærlingar | 88 | ||
18 | Refusjon av sjukepengar | 2 097 | ||
Sum kap. 3200 | 10 567 | 2 982 | 3 110 |
Kap. 204 Foreldreutvalet for grunnskolen
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2006 | Saldert budsjett 2007 | Forslag 2008 |
01 | Driftsutgifter | 6 177 | 7 192 | |
Sum kap. 204 | 6 177 | 7 192 |
For å samle alle tiltak som gjeld grunnopplæringa under same kategori, blir det foreslått å flytte løyvingane på kap. 204 og kap. 3204 til nye kap. 221 og 3221 under kategori 07.20.
Kap. 3204 Foreldreutvalet for grunnskolen
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2006 | Saldert budsjett 2007 | Forslag 2008 |
02 | Salsinntekter o.a. | 450 | 253 | |
Sum kap. 3204 | 450 | 253 |
Kap. 206 Samisk utdanningsadministrasjon
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2006 | Saldert budsjett 2007 | Forslag 2008 |
50 | Tilskott til Sametinget | 29 423 | 30 572 | |
Sum kap. 206 | 29 423 | 30 572 |
For å samle alle tiltak som gjeld grunnopplæringa under same kategori, blir det foreslått å flytte løyvingane på kap. 206 til nytt kap. 223 under kategori 07.20.
Programkategori 07.20 Grunnopplæringa
Grunnskolen blir i hovudsak finansiert gjennom dei frie inntektene til kommunane (det vil seie rammetilskott og skatteinntekter), mens den vidaregåande opplæringa i hovudsak blir finansiert gjennom dei frie inntektene til fylkeskommunane. Dei midlane som blir løyvde over kategori 07.20, går til særskilde tiltak i grunnskolen og i den vidaregåande opplæringa, og kjem i tillegg til overføringane gjennom inntektssystemet til kommunesektoren.
Utgifter under programkategori 07.20 fordelte på kapittel
(i 1 000 kr) | |||||
---|---|---|---|---|---|
Kap. | Nemning | Rekneskap 2006 | Saldert budsjett 2007 | Forslag 2008 | Pst. endr. 07/08 |
220 | Utdanningsdirektoratet | 202 144 | 190 327 | 191 541 | 0,6 |
221 | Foreldreutvalet for grunnskolen | 7 371 | |||
222 | Statlege grunn- og vidaregåande skolar og grunnskoleinternat | 140 068 | 115 056 | 118 544 | 3,0 |
223 | Samisk utdanningsadministrasjon | 31 887 | |||
225 | Tiltak i grunnopplæringa | 1 783 302 | 1 002 966 | 1 010 418 | 0,7 |
226 | Kvalitetsutvikling i grunnopplæringa | 940 368 | 986 441 | 1 018 133 | 3,2 |
227 | Tilskott til særskilde skolar | 57 234 | 61 513 | 64 150 | 4,3 |
228 | Tilskott til private skolar o.a. | 2 050 710 | 2 191 621 | 2 530 465 | 15,5 |
229 | Andre tiltak | 11 000 | 11 418 | 11 909 | 4,3 |
230 | Kompetansesenter for spesialundervisning | 667 323 | 623 267 | 640 013 | 2,7 |
Sum kategori 07.20 | 5 852 149 | 5 182 609 | 5 624 431 | 8,5 |
Inntekter under programkategori 07.20 fordelte på kapittel
(i 1 000 kr) | |||||
---|---|---|---|---|---|
Kap. | Nemning | Rekneskap 2006 | Saldert budsjett 2007 | Forslag 2008 | Pst. endr. 07/08 |
3220 | Utdanningsdirektoratet | 23 941 | 17 079 | 17 814 | 4,3 |
3221 | Foreldreutvalet for grunnskolen | 264 | |||
3222 | Statlege grunn- og vidaregåande skolar og grunnskoleinternat | 13 766 | 6 493 | 6 771 | 4,3 |
3225 | Tiltak i grunnopplæringa | 19 000 | 24 120 | 20 690 | -14,2 |
3230 | Kompetansesenter for spesialundervisning | 78 197 | 53 724 | 53 522 | -0,4 |
Sum kategori 07.20 | 134 904 | 101 416 | 99 061 | -2,3 |
Hovudprioriteringar
Regjeringa foreslår å styrkje grunnopplæringa med om lag 790 mill. kroner i 2008 i høve til saldert budsjett 2007. Dette inneber at Regjeringa følgjer opp målsetjinga om auka timetall i grunnskolen, gratis læremiddel i vidaregåande opplæring og utvida rett for vaksne til vidaregåande opplæring, og at ordninga med gratis frukt og grønt til alle grunnskolar med ungdomstrinn, auka ressursar til rådgjeving og forsøk med utvida skoledag blir vidareført. Hovuddelen av midlane blir lagt inn i rammetilskottet til kommunane og fylkeskommunane.
I tillegg blir det foreslått å vidareføre løyvinga til kvalitetsutvikling i grunnopplæringa med om lag 1 mrd. kroner.
Ressursar i grunnopplæringa
Samanlikna med andre land er ressurssituasjonen i grunnopplæringa i Noreg god. Ressursinnsatsen har vore høg og relativt stabil over tid. I del IV blir det gitt ein nærmare omtale av ressurssituasjonen i grunnopplæringa.
Auka timetal på barnetrinnet
Regjeringa ønskjer på lengre sikt å utvide timetalet på barnetrinnet (1.–7. trinn) til 21 timar (det vil seie 28 timar à 45 minutt). Faga norsk, matematikk og engelsk skal styrkast, og dessutan skal skoledagen innehalde fysisk aktivitet og leksehjelp. Utvida skoledag skal betre elevane sitt utbytte av opplæringa, medverke til sosial utjamning og redusere behovet for skolefritidsordning. Regjeringa foreslår i budsjettet for 2008 å utvide timetalet på barnetrinnet med til saman fem uketimar à 60 minutt på 1.–4. trinn fordelte på to timar i norsk, to timar i matematikk og ein time i engelsk. I gjennomsnitt får elevane på desse trinna ein auke på noko over ein time i veka, til om lag 18,5 timar. Timetalsauken skal gjelde frå hausten 2008. Det er foreslått ei løyving på 275,7 mill. kroner til dette i 2008. Av dette vil 270 mill. kroner bli lagt inn i rammetilskottet til kommunane, jf. kap. 571 post 60 i budsjettet til Kommunal- og regionaldepartementet. Forslag til endra fag- og timefordeling som følgje av timetalsutvidinga vil bli sendt på høring.
Rett til vidaregåande opplæring for vaksne
Vaksne som er fødde før 1978 og som ikkje har fullført vidaregåande skole, har rett til vidaregåande opplæring. Ei aukande gruppe vaksne fell utanfor vaksenretten. Det gjeld først og fremst personar som er fødde i 1978 og seinare, og som ikkje har teke vidaregåande opplæring, eller som har falle frå undervegs. St.meld. nr. 16 (2006–2007) varsla at regjeringa vil komme med framlegg om å endre opplæringslova slik at retten til opplæring skal gjelde alle vaksne over 25 år. Regjeringa tek sikte på å fremme forslaget om ei slik lovendring våren 2008. Det er foreslått løyvd 21 mill. kroner til dette i 2008. Midlane blir lagde inn i rammetilskottet til fylkeskommunane, jf. kap. 572 post 60 på budsjettet til Kommunal- og regionaldepartementet.
Gratis læremiddel i vidaregåande opplæring
Ordninga med gratis læremiddel vart innført for vidaregåande trinn 2 hausten 2007. Opplæringslova slår fast at skoleeigar har ansvar for å halde elevane med nødvendige trykte og digitale læremiddel. I tillegg blir det gitt eit ikkje-behovsprøvd stipend gjennom Statens lånekasse for utdanning som skal vere med på å dekkje utgifter som elevane har til andre læremiddel og naudsynt individuelt utstyr.
Hausten 2008 blir ordninga utvida til også å gjelde for vidaregåande trinn 3 (Vg3). Regjeringa foreslår å løyve 223 mill. kroner i kompensasjon til skoleeigar i 2008. Av dette vil 211,5 mill. kroner bli lagt inn i rammetilskottet til fylkeskommunane, jf. kap. 572 post 60 på Kommunal- og regionaldepartementet sitt budsjett. Sidan talet på elevar og elevane sine kostnader til lærebøker er noko lågare på Vg3 enn på Vg2, vil kompensasjonen til fylkeskommunane bli redusert med 84,4 mill. kroner frå 2007 til 2008.
NOU 2007: 6 Formål for framtida
Utvalet for gjennomgang av formålet med opplæringa og formål for barnehagen vart oppnemnd ved kongeleg resolusjon 2. juni 2006, og det presenterte utgreiinga si, NOU 2007:6 Formål for framtida, 8. juni 2007. I utgreiinga vart det fremma forslag om endra formål for barnehagen og endring av formålet med opplæringa. Utvalet har komme fram til konsensus om forslag til nye formål. Utgreiinga vart send på alminneleg høring 19. juni 2007 med høringsfrist 1. november 2007. Kunnskapsdepartementet tek sikte på å fremme forslag om endring av formålsføresegna i opplæringslova våren 2008.
Kvalitetsutvikling i grunnopplæringa
Regjeringa tek sikte på å leggje fram ei stortingsmelding om kvalitet i opplæringa og prioriteringar i bruken av statlege verkemiddel. På grunnlag av meldinga og handsaminga av denne tek departementet òg sikte på å utvikle ein kvalitetsutviklingsstrategi som skal konkretisere ulike verkemiddel og leggje premissar for bruken av utviklingsmiddel frå 2009 og framover.
Mål: Læringsutbyttet for elevar og lærlingar skal bli betre og i størst mogleg grad vere uavhengig av deira sosiale bakgrunn
Læringsutbytte i grunnskolen
Tilstandsvurdering
Internasjonale og nasjonale undersøkingar
Dei siste internasjonale undersøkingane vi har data frå er gjennomførde i 2003. Resultata visar at norske elevar berre presterer gjennomsnittleg i lesing og noko under gjennomsnitt i matematikk og naturfag. Dette er til dømes resultatet i PISA 2003 (Program for International Student Assessment). Noreg har òg relativt stor spreiing i elevresultata samanlikna med dei andre nordiske landa, og er det landet i Norden som har størst prosentvis del elevar som presterer på dei to lågaste nivåa i PISA 2003. Samstundes har Noreg ein lågare del elevar som presterer på eit av dei to høgste nivåa i matematikkdugleik i PISA 2003. Samanlikning av karakterstatistikk dei siste åra viser ikkje vesentlige endringar. I 2007 og 2008 vil det kome oppdaterte tal både frå internasjonale undersøkingar og nasjonale prøver som vil vise om det utviklingsarbeidet som har vore gjennomført dei siste åra har ført til positive endringar i elevanes læringsutbytte.
Kartleggingsprøva i lesing for 2. trinn definerer ei kritisk grense for lesedugleiken til elevane. Det har sidan 2000 vore ein markant reduksjon i talet på elevar som oppnår resultat på eller under den kritiske grensa, og prosentdelen med alt rett på prøva er nå høgre enn i 2000. Frå 2005 til 2006 er det berre små endringar i resultata på kartleggingsprøva. Truleg har auka vektlegging av lesing nasjonalt og lokalt medverka til å forbetre lesedugleiken i skolen. Eksempel på dette er skole- og kommunebaserte planar for leseopplæring i kombinasjon med systematisk kartlegging av lesedugleiken til elevane og kompetanseutvikling for lærarar. Forbetringa kan kanskje òg forklarast med at prøvene ikkje lenger har den vanskegraden som trengst for å fange opp dei elevane som treng ekstra hjelp og støtte i leseopplæringa.
Våren 2007 vart gjeldande leseprøve gjennomført for siste gong. Lesesenteret ved Universitetet i Stavanger har fått i oppdrag å revidere og vidareutvikle leseprøva. Den reviderte leseprøva vil vere obligatorisk for alle skolar frå skoleåret 2007–08 og vil bli gjennomført våren 2008. Elevane på 2. trinn vil då vere første kull som har følgt dei nye læreplanane i to år.
Universitetet i Oslo ved Institutt for lærarutdanning og skoleutvikling (ILS) har fått oppdraget med å utvikle nye obligatoriske kartleggingsprøver i regning/talforståing på 2. trinn i grunnskolen. Kartleggingsprøva skal vere obligatorisk for alle skolar frå skoleåret 2007–08 og vil bli gjennomført våren 2008.
Det er generelt ein sterk samanheng mellom læringsutbytte og familiebakgrunnen og levekåra til elevane. Dette blir òg stadfesta av karakterstatistikken. Dei sosiale forskjellane målte etter utdanningsnivået til foreldra slår særleg sterkt ut på resultata til norske elevar. Vidare viser både norske og internasjonale undersøkingar at innvandrarelevar som gruppe i gjennomsnitt skårar lågare enn elevar med norsk bakgrunn. Noko av forklaringa ligg i at minoritetsspråklege elevar har lågare utdanna foreldre og kjem frå familiar med færre økonomiske ressursar enn majoritetselevane. Manglande kompetanse og låge forventningar frå lærarar kan òg medverke til langsam progresjon hos ein del minoritetsspråklege elevar.
Det er klare kjønnsforskjellar i karakterar. Jenter får i gjennomsnitt betre standpunktkarakterar enn gutar i alle fag bortsett frå kroppsøving. Skilnadane er minst i matematikk.
Språkkunnskapar
God dugleik i norsk er viktig for alle barn for å lykkast i skole og vidare utdanning. Ikkje minst er dette viktig for minoritetsspråklege barn, som ofte har foreldre med lågare utdanning og ulemper knytte til levekår. Rambøll Management AS har i 2006 evaluert praktiseringa av opplæringa etter læreplanen i norsk som andrespråk. Evalueringsrapporten peikar på svært varierande praktisering av dette faget, og at for mange elevar har hatt norsk som andrespråk gjennom heile skoletida. På bakgrunn av denne rapporten vart det frå hausten 2007 teke i bruk ny nivåbasert læreplan for grunnleggjande norsk som erstattar NOA (norsk som andrespråk). Vidare er det utvikla rettleiingsmateriell og etterutdanningskurs for lærarar som skal undervise i grunnleggjande norsk, samt eit standardisert kartleggingsverktøy som skal nyttast for å vurdere om ein elev har tilstrekkeleg dugleik til å følgje ordinær norskundervisning.
Kunnskapsdepartementet fekk våren 2007 utarbeidd ei kunnskapsoversikt over verknaden av tilpassa språkopplæring for minoritetsspråklege elevar. Rapporten frå NOVA syner at det er lite empirisk kunnskap på dette feltet, og at ingen studiar kan dokumentere at morsmålsopplæring svekkjer dugleiken i norsk. Vidare peikar rapporten på at opplæringsmodellar som legg vekt på tospråklegheit og tokulturbakgrunn, gir best resultat for elevane på lengre sikt.
Departementet har gjennomført ulike tiltak for å styrkje språkopplæringa. Strategien Språk opnar dører – Strategi for styrking av framandspråk i grunnopplæringa 2005–2009 vart revidert hausten 2006, og blir vidareført. Blant nye tiltak er utprøving med morsmål som andrespråk og ikkje-europeiske språk som andre framandspråk på ungdomstrinnet. Eit nytt tiltak er også etterutdanning for lærarar i framandspråkdidaktikk, for å realisere intensjonen om at andre framandspråk skal vere eit praktisk fag.
Kunnskapsdepartementet samarbeidar med Helse- og omsorgsdepartementet og Arbeids- og inkluderingsdepartementet om tiltak når det gjeld språkutvikling, norskdugleik og sosial kompetanse hos barn. I 2007 blir det nytta 6 mill. kroner til skolar med meir enn 25 pst. minoritetsspråklege elevar og 5 mill. kroner til tiltaket Språkløftet. Ein del av midlane er øyremerkte Groruddalen. Med særleg fokus på minoritetsspråklege er dette tiltak og midlar som skal medverke til å utjamne sosiale ulikskapar i læringsutbytte. Sjå nærmare omtale i vedlegg i St.prp. nr. 1 (2007–2008) for Arbeids- og inkluderingsdepartementet.
Vurdering og læringsutbytte
Det er dokumentert at det er ein nær samanheng mellom omfang og kvalitet på vurdering og tilbakemelding på den eine sida og læringsutbytte på den andre. Samstundes er det mykje som tyder på at det skortar på relevant og godt grunngitt tilbakemelding på elevanes måloppnåing i den norske skolen. Det er òg indikasjonar på at elevar og lærlingar blir vurderte og samanlikna med kvarandre i staden for å bli vurderte opp mot måla for opplæringa. Ei kartlegging av erfaringar med tidleg oppstart av nytt læreplanverk viser at individvurdering er eitt av dei områda der flest lærarar og skoleleiarar meiner dei treng meir kompetanse om. Dette vart derfor løfta fram som eit nasjonalt prioritert område i arbeidet med kompetanseutvikling i 2007. Hausten 2007 er det sett i gang ei brei utprøving av ulike modellar for felles kjenneteikn for vurdering av måloppnåing.
Leksehjelp og læringsutbytte
Prosjekt leksehjelp 2006–08 er sett i verk for å prøve ut leksehjelp som eit tiltak for sosial utjamning gjennom å betre læringsmiljøet og læringsutbyttet til elevane. Prosjektet prøver ut ulike modellar for leksehjelp i regi av kommunar, skolar og frivillige organisasjonar. Som ein del av prosjektet har SINTEF Teknologi og samfunn levert rapporten Kartlegging av utbreiing av leksehjelp i norsk skole (2007). Kartlegginga viser at leksehjelpa i norsk skole har vakse mykje i omfang i dei siste åra, og at vurderinga frå skoleeigarane i hovudsak er positiv.
Samla vurdering
Dersom det framleis er slik at mange norske elevar har svak motivasjon for læring og presterer til dels svakt eller under gjennomsnittet i internasjonal målestokk i matematikk, lesing og naturfag, meiner departementet det gir grunn til uro. Vurdert ut i frå dei resultata ein har hatt å byggje på til no, er ein del av problemet manglande trening i grunnleggjande dugleikar i mange norske skolar. Innøving av dugleikar slik at dei blir automatiserte er det området norske elevar ifølgje PISA-undersøkinga er svakast på. Forsking viser at det relativt låge prestasjonsnivået truleg har samanheng med at norsk grunnopplæring i for stor grad er prega av manglande systematikk og samanheng i læringsarbeidet. Forskarar har brukt uttrykket «underbruk av læringssituasjonar» for å beskrive dette. Når opplæringa er prega av uklare læringsmål og diffuse kriterium for vurdering, kan det slå særleg uheldig ut for elevar som har eit svakare grunnlag for å forstå krav til gode prestasjonar, og kva innsats som må leggjast i læringsarbeidet. I tillegg kjem at lærarar, ifølgje forsking, systematisk har lågare forventningar til enkelte elevgrupper, blant andre minoritetsspråklege elevar. Det er grunn til å tru at låge forventningar også kjem til uttrykk i rådgiving til elevane. OECD har peika på at ein skolekultur som er basert på låge forventningar til elevanes faglege framgang truleg er ei viktig forklaring på det relativt svake dugleiksnivået og den sosiale reproduksjonen av ulikskap i det norske utdanningssystemet. PISA 2003 viser at mange andre land har lykkast langt betre enn Noreg med å svekkje den generelt sterke samanhengen mellom sosial bakgrunn og læringsutbytte.
På den andre sida ser departementet det slik at den systematiske satsinga dei siste åra på å styrkje elevanes læringsutbytte, vil gi resultat. Departementet ser positivt på at statlege satsingar er følgde godt opp av målretta utviklingsarbeid hos skoleeigarar og skolar, og at dette etter kvart ser ut til å gi betre læringsresultat i skolen. Lesestrategien er eit godt døme på det.
Fleire nasjonale senter og nasjonale strategiar knytte til grunnopplæringa skal medverke til å styrkje opplæringa og læringsutbyttet i skolen. Det nyaste senteret er Nasjonalt senter for kunst og kultur i opplæringa, som vart etablert 1. januar 2007 ved Høgskolen i Bodø. Dei nasjonale strategiane er reviderte i tråd med Kunnskapsløftet og inneheld tiltak for tidleg stimulering og styrking av dei grunnleggjande dugleikane og den faglege utviklinga til elevane, jf. kap 226. Mellom anna skal tiltak i den reviderte strategien Likeverdig opplæring i praksis! 2007–2009 styrkje norskopplæringa og norskkunnskapane til minoritetsspråklege elevar. Det er vidare lagt fram ein ny tiltaksplan knytt til strategien Et felles løft for realfagene. Strategi for styrking av realfagene 2006–2009. Ny strategi i 2007 er Skapende læring – strategi for kunst og kultur i opplæringa 2007–2010.
Departementet har òg forventningar til at den systematiske satsinga på opplæring i grunnleggjande dugleikar integrert i arbeidet med fag i Kunnskapsløftet og systematisk satsing på å utvikle vurderingskompetansen i skolen etter kvart skal gi gode resultat. Det same gjeld vektlegging av tidleg innsats og språkstimulering, særleg retta mot minoritetsspråklege. Jf. også målet om systematisk resultatoppfølging.
Strategiar og tiltak
For å styrkje læringsutbyttet til elevane ønskjer Regjeringa på lengre sikt å utvide timetalet på barnetrinnet (1.–7. trinn) til 21 klokketimar. Faga norsk, matematikk og engelsk skal styrkjast. Frå hausten 2008 blir timetalet på barnetrinnet utvida med til saman 5 uketimar (à 60 minutt).
Regjeringa har som mål at barn og unge skal ha gode kostholdsvaner som gir grunnlag for eit godt læringsutbytte i skolen. Ordninga med gratis frukt og grønt for alle skolar med ungdomstrinn blir vidareført i 2008.
Utvida skoledag, med ei god veksling mellom arbeid, måltid og fysisk aktivitet, er eit viktig verkemiddel for god læring og for å utjamne forskjellar i læringsutbytte knytte til sosial bakgrunn. Forsøk med utvida skoledag blir gjennomført skoleåret 2007–08 i elleve forsøkskommunar. Forsøka omfattar mellom anna auka timetal på 1.–4. trinn, leksehjelp, fysisk aktivitet og ulike ordningar med skolemat. Erfaringane frå utprøvinga med utvida skoledag skoleåret 2007–08 vil bli nytta i den vidare gradvise innføringa av eit auka timetal på barnetrinnet.
Ei evaluering av Prosjekt leksehjelp 2006-2008 vil bli lagd fram i 2008. På bakgrunn av denne evalueringa og forsøk med utvida skoledag vil departementet vurdere korleis ein skal vidareutvikle eit godt læringsmiljø som gir nok tid og kvalitet til læring, fysisk aktivitet, måltid og sosial utvikling. Regjeringa vil framleis følgje nøye med på korleis læringsutbyttet til elevar og lærlingar utviklar seg, og vil leggje vekt på at læringsresultata i skolen blir vurderte og følgde opp for på den måten å styrkje læringsmotivasjon og læringsutbytte, jf. målet om systematisk resultatoppfølging. Nasjonale kartleggingsprøver, utvalsundersøkingar, karakterstatistikk, prestasjonar i internasjonale komparative undersøkingar og tal på gjennomføring og fråfall i vidaregåande opplæring vil gi viktige indikasjonar på tilstanden.
Regjeringa er òg oppteken av sosial utjamning av læringsutbytte i skolen og vil på bakgrunn av ulik dokumentasjon følgje med på om det skjer endringar i styrken på samanhengen mellom læringsutbytte og sosial bakgrunn.
Kunnskapsløftet og innføring av nye læreplanar i alle fag krev raskare utskifting av læremidla enn normalt. For at elevane skal få eit godt utbytte av opplæringa er det viktig at skolane har oppdaterte læremiddel. Dei 400 mill. kronene som blei løyvd innanfor veksten i dei frie inntektene til kommunane i kompensasjon for meirutgifter i samband med utskifting av læremiddel i grunnskolen i 2006 er vidareført i 2007 og 2008.
OECD har rådd til at det blir sett i gang eit arbeid for å undersøkje korleis ein kan heve ambisjonane for kva elevane i norsk skole skal lære. Etter vurderinga til departementet vil Kunnskapsløftet medverke til dette gjennom den auka vektlegginga av læringsutbyttet til elevane og auka krav til vurderingskompetansen til lærarane. Ei undersøking gjennomført på barnetrinnet tyder på at det er aukande interesse blant lærarar for samanhengen mellom vurdering og læring.
For å heve ambisjonsnivået i heile utdanningssystemet meiner departementet at det er nødvendig å innføre eit betre og heilskapleg system for elevvurdering. Departementet har derfor gitt Utdanningsdirektoratet i oppdrag å utvikle eit slikt system. Arbeidet skal vere sluttført før skolestart i 2009. Systemet skal omfatte eit klarare regelverk for individvurdering i grunnopplæringa. I opplæringslova og privatskolelova er det så langt teke inn endringar om vurdering undervegs som gjeld frå 1. august 2007. Både på barne- og ungdomstrinnet og i vidaregåande opplæring skal ein gi vurdering utan karakter i form av ei beskrivande vurdering av kompetansen i høve til kompetansemåla i opplæringa. Det skal kunne dokumenterast at slik vurdering blir gitt. Med dei nye forskriftene er det innført eit klart skilje mellom vurdering av faglege mål og elevanes utvikling.
Departementets vidare avgjerder om individvurdering skal blant anna vere basert på utprøving av ulike modellar som gir skoleeigarar, skoleleiarar, lærarar, elevar og føresette felles referansar når det gjeld kva som kjenneteiknar god kompetanse i fag. Målet er å komme fram til eit system som skal auke vurderingskompetansen i norsk skole, medverke til å heve ambisjonsnivået og gi ei felles nasjonal retning og ei meir fagleg relevant og rettferdig vurdering av kompetansen til elevane.
Departementet vil òg leggje vekt på å styrkje vurderingskompetansen i grunnopplæringa gjennom Strategi for kompetanseutvikling 2005–2008, jf. målet om læring og fornying.
Noreg vil framleis delta i internasjonale undersøkingar som eit ledd i å følgje utviklinga av læringsutbyttet til norske elevar sett i eit internasjonalt perspektiv. Noreg vil delta i OECDs PISA-studie ( Program for International Student Assessment) og IEA-studiane PIRLS ( Progress in International Reading Literacy Study), TIMSS ( Trends in Mathematics and Science Study), TIMSS Advanced og ICCES ( International Civic and Citizenship Education Study). Undersøkingane dekkjer lesedugleik, matematikk, naturfag og demokratisk kunnskap og dugleik.
PIRLS 2006 og PISA 2006 er gjennomførte, og resultata vil bli offentleggjorde i november og desember 2007. Resultata vil seie noko om utviklinga i læringsutbyttet til norske elevar i perioden 2003–06, både når det gjeld læringsmotivasjon og grunnleggjande dugleikar i matematikk, naturfag og lesing. Nye nasjonale prøver skal gjennomførast frå hausten 2007, og desse vil òg gi meir kunnskap om læringsutbyttet til elevane. Departementet vil gå grundig gjennom resultata frå desse undersøkingane og kartleggingane og vurdere kva for oppfølging som trengst.
Å fange opp eventuelle problem i læringsutviklinga så tidleg som mogleg og tilpasse undervisninga til dei særskilde behova til den enkelte eleven er krevjande for den enkelte lærar. Til støtte for dette arbeidet har staten utvikla ulike verktøy. Prøve- og kartleggingsmateriell som er til rådvelde for skolane og som ikkje er obligatorisk, vil bli revidert og vidareutvikla. Dette omfattar mellom anna karakter- og læringsstøttande prøver i fleire fag. Fornyinga er nødvendig for å gjere materiellet nivåmessig og innhaldsmessig i tråd med gjeldande læreplanar.
Utvalet for betre læring for barn, unge og vaksne med særskilde behov som var nedsett av Regjeringa i juni 2007, skal gjere ein grundig gjennomgang av plassen til spesialundervisninga i norsk skole. Denne gjennomgangen skal omfatte organisering, ressursbruk og resultat. Utvalet skal innan 1. juli 2009 leggje fram konkrete forslag til betre organisering og effektiv ressursbruk for ei framtidig heilskapleg tiltakskjede for barn, unge og vaksne med behov for spesialpedagogisk hjelp.
Regjeringa vil vidareføre og styrkje satsinga på utviklingsprosjekt ved skolar med fleire enn 25 pst. minoritetsspråklege elevar. Satsinga skal gjere skolane betre i stand til å handtere dei spesielle utfordringane dei har knytt til å betre læringsutbyttet til elevane. Språkløftet, som skal fremme norskdugleiken og den sosiale kompetansen til elevane, blir òg vidareført og styrka. Dei to tiltaka skal sjåast i samanheng.
I samband med innføringa av nye læreplanar i grunnleggjande norsk og morsmål og tilhørande kartleggingsverktøy og etterutdanningstilbod vil det bli gjennomført ei følgjeevaluering. Evalueringa er nødvendig for å få kunnskap om korleis læreplanane fungerer i praksis, og for å kunne justere kursen undervegs. Det er særleg viktig å sjå korleis læreplanane fungerar for elevar som nyleg er komne til landet.
Regjeringa legg hausten 2007 fram ei stortingsmelding om språkopplæring i eit fleirkulturelt og livslangt perspektiv. Meldinga tek for seg språkstimulering for barn under skolealder og språkopplæring i grunnopplæringa og for vaksne. Lærarutdanningane er òg inkluderte. Meldinga drøftar opplæringa i grunnleggjande dugleikar i norsk hovudmål og sidemål, samisk, engelsk og norsk- og morsmålopplæringa for minoritetsspråklege elevar.
Eit område av særskild interesse er situasjonen for det andre framandspråket. Etter innføringa av Kunnskapsløftet er det no mange fleire elevar på ungdomstrinnet som vel eit anna framandspråk. Men utviklinga i vidaregåande opplæring har i fleire år hatt ein negativ tendens, og førebelse tal for elevval for skoleåret 2007–08 syner at den låge interessa for fordjuping i framandspråk vart forsterka etter innføringa av Kunnskapsløftet.
Den urovekkande situasjonen for språkfaga i vidaregåande opplæring står i kontrast til den gledelege utviklinga i grunnskolen, der om lag 20 000 fleire elevar i 2006 valde andre framandspråk samanlikna med i 2005. Denne situasjonen er bekymringsfull fordi den på relativt kort sikt kan føre til ei nedbygging av tilboda i språkfag i dei vidaregåande skolane. Dette kan i sin tur føre til at dei mange Kunnskapsløft-elevane som har vald andre framandspråk på ungdomstrinnet, vil få færre moglegheiter til språkleg fordjuping når dei byrjar i vidaregåande opplæring.
Språkmeldinga vil drøfte moglege tiltak for å motivere fleire elevar til å velje språklege utdanningsprogram i vidaregåande opplæring.
Læringsutbytte og gjennomføring i vidaregåande opplæring
Tilstandsvurdering
Rapport for 2006–07
I 2006 gjekk omtrent 97 pst. av elevane direkte frå grunnskole til vidaregåande opplæring. Talet på elevar med direkte overgang frå grunnskole til vidaregåande opplæring har vore stabilt over tid, og det er liten variasjon mellom ulike delar av landet. Det er systematisk færre minoritetselevar enn majoritetselevar med direkte overgang frå grunnskole til vidaregåande opplæring.
Det er ein sterk samanheng mellom karakterar frå grunnskolen og karakterar i tilsvarande fag i vidaregåande opplæring. Gjennomgåande er det mindre kjønnsforskjellar i karakterar i vidaregåande opplæring enn i grunnskolen. Det gjennomsnittlege karakternivået til elevar med minoritetsspråkleg bakgrunn har ikkje betra seg i dei seinare åra. Det kan forklarast med at deltakinga i vidaregåande opplæring blant elevar med innvandrarbakgrunn har auka, og at det derfor er fleire med svakt grunnlag i denne gruppa i vidaregåande opplæring enn tidlegare.
Av 2001 kullet gjennomførte om lag 57 pst. av elevane og lærlingane vidaregåande opplæring på normert tid. Tilsvarande for 2000-kullet var 56 pst. Det er tydelege skilnader i gjennomføringsgrad mellom yrkesfaglege og allmennfaglege studieretningar. Nesten tre av ti elevar på yrkesfaglege studieretningar som starta på grunnkurs første gång i 2001, slutta undervegs. På allmennfaglege studieretningar var det kun 6 pst. som slutta undervegs.
Det er forholdsvis liten variasjon i gjennomføring mellom landsdelane, med unntak av Nord-Noreg, der berre 45 pst. av elevane og lærlingane gjennomførte på normert tid. I hovudsak er dette knytt til gjennomføring i yrkesfag. Mangel på læreplassar kan vere ei forklaring på dette.
Studieprogresjon og gjennomføring av vidaregåande opplæring har samanheng med karakterar frå grunnskolen og familiebakgrunn. Utdanningsnivået til foreldra er den enkeltfaktoren som har mest å seie for gjennomføringsgraden til elevane i vidaregåande opplæring. Elevar med innvandrarbakgrunn har lågare gjennomføringsgrad enn elevar med norsk bakgrunn, noko som igjen heng saman med svakare karaktergrunnlag for grunnskolen, og at desse gjennomgåande har foreldre med låg utdanning.
Progresjonen og gjennomføringsevna til elevane har òg samanheng med tilgangen på læreplassar. Etter fleire år med reduksjon i talet på lærekontraktar har det vore ein auke i talet på lærekontraktar frå 2003.
For å auke tilgangen til læreplassar i fylka gjennomførte Utdanningsdirektoratet i 2006 ein omfattande informasjonskampanje retta mot potensielle lærebedrifter. Tal frå fylkeskommunane per 1. august 2007 viser at det er formidla fleire lærlingar til læreplass på landsbasis samanlikna med same tidspunkt i 2006. Det er store skilnader mellom fylkeskommunane når det gjeld formidling. Det er òg til dels store forskjellar mellom fag.
Å få oppfylt førsteønsket er viktig for progresjonen. Det har i dei siste åra vore ein viss auke i talet på elevar som har fått oppfylt førsteønsket til skole eller kurs. I 2006 fekk rundt 81 pst. av elevane oppfylt førsteønsket sitt til skole eller kurs, mot rundt 75 pst. i 2004 og 2005. Det er relativt liten variasjon mellom ulike delar av landet. Høve til omval er viktig for fleksibiliteten i vidaregåande opplæring, men har samstundes ein kostnad både for individ, skoleeigar og samfunnet. Studiar viser at omfanget av omval er størst i overgangen mellom dei to første åra i vidaregåande opplæring.
Satsing mot frafall i videregående opplæring 2003–2005 vart vidareført i 2006 i alle fylke. I satsinga har det vore gjennomført fleire tiltak der det har vore samarbeidd mellom skole, arbeidsliv og lokale styresmakter for å hindre fråfall og fange opp dei som har falle ut av opplæringa, blant anna bruk av alternative læringsarenaer, bruk av lærekandidatordninga og fråværsoppfølging. Rådgivingstenesta er styrkt gjennom kompetanseutvikling og erfaringsspreiing blant anna frå utprøvinga med Partnarskap for karriererettleiing i fire pilotfylke. Erfaringane frå pilotfylka er spreidde og vidareutvikla.
Det er løyvd 5 mill. kroner til stipend for å styrke tradisjonelle handverksfag. Fleire gamle handtverksfag er i ferd med å forsvinne. Dette kan føre til at viktig kompetanse går tapt. Faga er viktig å halde på, både i seg sjølve og som ein del av den norske kulturarven. Bruken av midlane skal innrettast slik at kunnskapen blir formidla til relevante aktørar innanfor fag- og yrkesopplæringa.
Samla vurdering
Tidleg innsats og førebyggjande aktivitet er nødvendig for å betre progresjon og fullføring i vidaregåande opplæring. Departementet vurderer det slik at det er ein samanheng mellom rådgiving i skolen, informerte val, oppfylling av førsteønsket og tilgangen på læreplassar på den eine sida og motivasjon, læringsutbytte, omval og gjennomføringsevne hos elevane på den andre sida. Ut frå dette er det ei positiv utvikling at talet på elevar som får oppfylt førsteønsket sitt, har auka. Dette kan tyde på at det er noko betre samsvar mellom fylkeskommunal tilbodsstruktur og dimensjonering og etterspørselen frå elevane. Dimensjonering av utdanningstilbod må òg ta omsyn til arbeidsmarknaden. Her kan god rådgiving medverke til betre samsvar mellom tilbod og etterspørsel. Når det gjeld rådgivingstenesta, meiner departementet at denne i større grad må kunne medverke til betre gjennomføring av vidaregåande opplæring. Undersøkingar viser at mange elevar opplever at dei ikkje får tilstrekkeleg og rett rådgiving, jf. St.meld. nr. 16 (2006–2007). Departementet vurderer partnarskapa for karriererettleiing som eit effektivt tiltak mot fråfall i vidaregåande opplæring og noko som er verd å vidareutvikle.
Slik departementet vurderer det, vil god rådgiving kombinert med utnytting av fleksibiliteten i strukturen i Kunnskapsløftet medverke til betre gjennomføring i vidaregåande opplæring. Programfag til val og prosjekt til fordjuping gir høve til opplæring i praktiske kunnskapar og dugleikar tilpassa behova til den enkelte eleven, og gir eleven høve til å få kjennskap til framtidig yrke eller fordjupe seg i spesielle fagfelt. Dette kan gi eit betre grunnlag for vidare val av utdanning og yrke.
Samla sett er det mange positive utviklingstrekk i vidaregåande opplæring. Desse utviklingstrekka kan på lengre sikt betre graden av fullføring av vidaregåande opplæring. Det auka omfanget av lærlingplassar vil venteleg ha same effekt. Men framleis er det nødvendig å vurdere kva som bør gjerast for å vidareutvikle opplæringa, slik at fleire elevar og lærlingar gjennomfører og fullfører vidaregåande opplæring på normert tid.
Strategiar og tiltak
Det er nødvendig å styrkje kvaliteten på rådgivinga i heile grunnopplæringa som eit tiltak for å redusere fråfallet i vidaregåande opplæring, jf. St.meld. nr. 16 (2006–2007). I Revidert nasjonalbudsjett, jf. Innst. S. nr. 230 (2006–2007), vart det vedteke å auke ressursane til rådgiving i vidaregåande opplæring spesielt retta mot ungdomstrinnet med 11 mill. kroner. Midlane er lagde inn i rammetilskottet til fylkeskommunane. Det vart òg løyvd 4 mill. kroner til å etablere partnarskap for karriererettleiing i alle fylkeskommunane, jf. kap. 226 post 21. I 2008 blir tiltaket vidareført, og Regjeringa foreslår å leggje 27,5 mill. kroner inn i rammetilskottet til fylkeskommunane og å styrkje kap. 226 post 21 med 6 mill. kroner til dette formålet.
Det blir i dag ikkje stilt særskilde kompetansekrav til rådgivarar i skolen. Dette kan gjere at rådgivarar og skoleeigarar ikkje blir motiverte til å nytte dei tilboda om etter- og vidareutdanning som finst, og at rådgivingsfunksjonane ikkje har den statusen som dei fortener. Departementet vil derfor utarbeide rettleiande kriterium for kompetanse knytt til sosialpedagogisk rådgiving og yrkes- og utdanningsrådgiving. Vidare vil departementet utvide omtalen i regelverket av formålet til og innhaldet i rådgivingstenesta.
Departementet viser til oppmodingsvedtak nr. 475 (2006–2007) i samband med handsaming av av Dok. nr. 8:55 (2006–2007):
«Stortinget ber Regjeringa vurdere ulike tiltak som kan få unge som har avbrutt skolegangen uten å ha gjennomført, tilbake til et opplæringssystem. I den forbindelse bes det vurdert hvordan elevbedrifter kan benyttes.»
Departementet vil vurdere om oppfølgingstenesta kan fungere meir førebyggjande enn i dag, jf. omtale i St.meld. nr. 16 (2006–2007). Målet vil vere å fange opp elevar som står i fare for å avbryte skolegangen, og motivere dei til å fullføre. Satsinga på regionale partnarskap for karriererettleiing vil, saman med oppfølgingstenesta, kunne fange opp elevar som har avbrote skolegangen. Partnarskapa byggjer på eit utstrakt samarbeid mellom blant andre kommune, fylkeskommune og NAV, og vil ha ei brei målgruppe.
Elevbedrifter er eit viktig verkemiddel for å forhindre fråfall, og satsinga på entreprenørskap omfattar også elevbedrifter. Dette arbeidet vil bli vidareført gjennom strategien Se mulighetene – gjør noe med dem! – Strategi for entreprenørskap i utdanninga 2004–2008.
Stortinget har vedteke at mandatet til Foreldreutvalet for grunnskolen (FUG) skal utvidast til også å gjelde første trinn i vidaregåande opplæring, dette som eit ledd i innsatsen mot fråfall i vidaregåande opplæring. Det er viktig at alle foreldre, uansett sosial bakgrunn, blir betre i stand til å gi elevane på ungdomstrinnet gode råd om vidare utdanningsval. Det er òg viktig at vidaregåande skole ser på foreldre som ein samarbeidspart som kan medverke til at elevane ikkje fell frå i løpet av det første året i vidaregåande opplæring.
For å betre gjennomføringa og sikre at fleire går ut av vidaregåande opplæring med formell kompetanse, vil departementet vurdere om ein kan gi formell kompetanse i fagopplæring på lågare nivå enn det som gjeld i dag. I samarbeid med partane i arbeidslivet vil det bli konkretisert eksempel på grunnkompetanse som kan vere tilbod i lærebedrifter, og som det kan vere etterspurnad etter i arbeidslivet. Eksempla vil bli prøvde ut i tre fylkeskommunar og tre fag frå hausten 2007. På grunnlag av utprøvinga vil departementet vurdere om det er aktuelt å innføre slike ordningar meir permanent og i breiare skala.
Tilskottet til skolar med meir enn 25 pst. minoritetsspråklege elevar skal medverke til betre oppfølging av språklege minoritetar som treng særskilt tilrettelagd opplæring. Denne ordninga vil òg vere ein viktig del av den samla satsinga på betre gjennomføring i vidaregåande opplæring.
Kvaliteten på fag- og yrkesopplæringa er viktig for gjennomføring i vidaregåande opplæring. Når det gjeld den vidare utviklinga av opplæringa, vil departementet vurdere denne mellom anna på grunnlag av utgreiinga frå det regjeringsoppnemnde utvalet som 1. september 2008 skal leggje fram ein analyse av konsekvensane av sentrale samfunnsmessige utviklingstrekk for fag- og yrkesopplæringa.
Departementet vil føre vidare samarbeidet med skoleeigarane om vidaregåande opplæring. Hovudmålet er å utnytte erfaringane frå fylkeskommunalt samarbeid til å betre kvaliteten i opplæringa, med særskilt vekt på reduksjon av fråfall. I 2006 støtta departementet etableringa av eit utviklings- og effektiviseringsnettverk for vidaregåande opplæring i regi av KS. Nettverksarbeidet er ein arena for analysar av eiga verksemd, utveksling av erfaringar og læring. Nettverket er knytt opp mot tre opplæringsregionar: Austlandet, Sør-Vest og Nord. Støtta til nettverket er auka i 2007 og blir ført vidare i 2008. I 2008 vil det bli lagt vekt på å måle resultatutviklinga hos dei deltakande fylka og skolane.
Mål: Skolar og skoleeigarar skal i gjennomføringa av opplæringa byggje på systematisk resultatoppfølging
Tilstandsvurdering
Rapport 2006–07
I 2003 vedtok Stortinget å etablere eit nasjonalt kvalitetsvurderingssystem for grunnopplæringa. Systemet skal medverke til kvalitetsutvikling på alle nivå i grunnopplæringa. Ein føresetnad for dette er at skolar og skoleeigarar følgjer den plikta dei har til å følgje opp resultata av lokale og nasjonale vurderingar, jf. § 13-10 i opplæringslova.
Kvalitetsvurderingssystemet inneheld fleire element. Nasjonale prøver, obligatoriske kartleggingsprøver og nettstaden Skoleporten er blant dei viktigaste. Sentral informasjon om læringsutbytte, læringsmiljø, ressursar og rammefaktorar i grunnopplæringa har til no vore samla i Skoleporten. Nettstaden har hatt mykje å seie for kvalitetsutvikling i skolen, men er ikkje teken i bruk fullt ut eller utnytta godt nok i vurderingsarbeidet i skolen. Dette kan ha samanheng med den svake vurderingskulturen i norsk skole, både på dei ulike forvaltningsnivåa, på skolenivå og på individnivå, jf. målet om læringsutbytte.
Problema med bruken av resultata frå nasjonalt kvalitetsvurderingssystem kan òg delvis liggje i at informasjonsgrunnlaget, mellom anna i Skoleporten, ikkje er godt nok og brukarvenleg tilrettelagt. Departementet har derfor gitt Utdanningsdirektoratet i oppdrag å vidareutvikle Skoleporten. Den reviderte Skoleporten skal opnast i desember 2007.
Erfaringane med dei nasjonale prøvene i 2005 viste at dei ikkje var gode nok. Det er derfor utvikla nye nasjonale prøver som skal gjennomførast hausten 2007. Prøvene skal gi informasjon om dei grunnleggjande dugleikane til elevane i rekning og lesing på norsk og engelsk slik dei er integrerte i kompetansemål for fag i Kunnskapsløftet etter 4. og 7. årstrinn. Prøvene blir gjennomførte på 5. og 8. trinn. Resultata frå prøvene skal gi informasjon til elevar, lærarar, skoleleiarar, føresette, skoleeigarar, regionale styresmakter og det nasjonale nivået som grunnlag for forbetrings- og utviklingsarbeid. I tillegg til dei nasjonale prøvene blir det arbeidd med å utvikle prøver i skriving for eit nasjonalt representativt utval av elevar i grunnskolen.
Riksrevisjonen har gjennomført ei undersøking av opplæringa i grunnskolen, omtala i Dokument nr. 3:10 (2005–2006). Rapporten frå Riksrevisjonen er tidlegare handsama i Stortinget på grunnlag av Innst. S. nr. 66 (2006–2007) frå kontroll- og konstitusjonskomiteen. Rapporten viser at det i mange kommunar er manglar ved oppfølginga av opplæringslova og tilhørande forskrifter. Riksrevisjonen konkluderer med at både staten og kommunane har mangelfull informasjon om i kva grad det er nødvendige ressursar til rådvelde, om undervisningsgruppene er pedagogisk forsvarlege, og om det blir gitt tilpassa opplæring.
Statleg tilsyn er nødvendig for å sikre at opplæringslova og tilhørande forskrifter blir oppfylte. Tilsynet blir utført av fylkesmennene. Det er sett i verk tiltak som kan medverke til å gjere det statlege tilsynet meir målretta og effektivt. Mellom anna er det utvikla ein felles tilsynsmetodikk for grunnopplæringa, og det er gjennomført kompetanseutvikling for fylkesmennene.
Det nasjonale tilsynet som fylkesmennene gjennomførte i 2006 i eit representativt utval kommunar, viser i tråd med undersøkinga til Riksrevisjonen, at mange kommunar ikkje har eit forsvarleg system for vurdering av om krava i opplæringslova og forskriftene til lova blir oppfylt slik opplæringslova § 13-10 krev. System for rapportering av avvik er òg mangelfulle, og ansvaret til kommunen for skolebasert vurdering er for dårleg teke i vare. Det finst heller ikkje gode nok system i kommunane for å følgje opp resultata frå dei nasjonale kvalitetsvurderingane.
Tilsynet i 2007 viser at talet på kommunar utan eit forsvarleg system for vurdering av om krava i opplæringslova og forskriftene til lova er oppfylte, er større enn resultatet frå 2006-tilsynet antyda. Det har dessutan avdekt dei same manglane hos mange av fylkeskommunane.
Som eit tiltak for å auke kunnskapen hos skoleeigarane om kravet til eit forsvarleg, heilskapleg system for vurdering og oppfølging, er det utarbeidd ei rettleiing knytt til dei aktuelle reglane i opplæringslova og privatskolelova. Rettleiinga omtalar innhaldet og krava i lovreglane og gir skoleeigarane den nødvendige rettleiinga om det overordna ansvaret lovreglane ber i seg. Representantar frå landets fylkesmannsembete, KS og privatskolane har vore involverte i arbeidet med utforminga av rettleiinga.
Samla vurdering
Departementet meiner at tilsynsrapportane og Riksrevisjonens undersøking saman med dei svakheitene som er avdekte når det gjeld elev- og lærlingvurdering og den avgrensa bruken av Skoleporten, viser at det er nødvendig å leggje endå meir vekt på at skolen og skoleeigarane skal bruke dei reiskapane dei har til rådvelde for systematisk resultatvurdering og oppfølging. Det er òg nødvendig med vidare forbetring av det nasjonale kvalitetsvurderingssystemet og ei tettare oppfølging frå staten si side når det gjeld krava i § 13-10 i opplæringslova. Resultatet av det systemretta tilsynet med fokus på tilpassa opplæring og spesialundervisning i 2007 er alvorleg. Omfanget av manglar funne ved 2007-tilsynet var stort, og departementet meiner derfor at det er nødvendig med eit målretta og effektivt tilsyn med utgangspunkt i desse sentrale delane av regelverket. Tilsynet er eit nødvendig verkemiddel for å oppnå etterleving av desse grunnleggjande krava i opplæringslova, samt for å auke kunnskapen og medvitet om desse.
Strategiar og tiltak
For å få det nasjonale kvalitetsvurderingssystemet til å fungere betre i tråd med intensjonen, og byggje opp under god vurderingspraksis i skolen, vil det bli gjort visse nødvendige justeringar. Mellom anna vil det vere på plass betre rapporteringsfunksjonar i den reviderte Skoleporten når denne kan takast i bruk frå 2008. Departementet vil òg vurdere omfang og kvalitet på nye nasjonale prøver etter at desse er gjennomførte.
Vidare vil departementet følgje nøye med på evalueringa av kvalitetsvurderingssystemet, som skal gå fram til 31. desember 2008, og bruke kunnskapen til å betre systemet undervegs. Evalueringa blir gjennomført av Agderforskning, Arbeidsforskningsinstituttet og Danmarks pædagogiske Universitet, og skal gi kunnskap om systemet som konstruksjon, og om implementeringa, bruken og effektane av systemet.
I St.meld. nr. 16 (2006–2007) vart statleg tilsyn peika ut som innsatsområde. I tråd med det som er gjort kjent gjennom Riksrevisjonens rapport og fylkesmannens tilsynsverksemd i dei siste åra, vil departementet forsterke arbeidet med å målrette og effektivisere det statlege tilsynet med grunnopplæringa. Tilsyn skal vere hovudoppgåva for fylkesmannen også i 2008. Departementet vil framleis stille aktivitetskrav til fylkesmannen for tilsynet. Tilsynet skal medverke til at grunnopplæringa blir gjennomført i samsvar med opplæringslova og privatskolelova med tilhørande forskrifter. Fylkesmannen skal rette særleg merksemd mot skolar og skoleeigarar der det er grunn til å tru at rettane til elevane ikkje er oppfylte, jf. St.prp. nr. 1 (2007–2008) for Fornyings- og administrasjonsdepartementet. Det vil særleg bli lagt vekt på kommunesektorens system for vurdering av eigne skolar.
I tillegg til det generelle tilsynet skal fylkesmannen i 2008, som i 2006 og 2007, gjennomføre nasjonalt tilsyn med felles tema og metodikk (systemrevisjon). Det nasjonale tilsynet i 2008 vil vidareføre temaet tilpassa opplæring og spesialundervisning.
Departementet vil òg halde fram drøftingane med KS om kva som kan gjerast for å styrkje evna til kommunane til å drive grunnskolen på ein god måte.
Mål: Elevar og lærlingar skal ha eit godt læringsmiljø som stimulerer læring og positiv samhandling
Tilstandsvurdering
Rapport 2006–07
Den årlege Elevundersøkinga og Lærlingundersøkinga, som utførast av Utdanningsdirektoratet, er noko av kjeldegrunnlaget for vurdering av læringsmiljøet til elevane. På grunn av låg deltaking i lærlingundersøkinga er det førebels ikkje godt nok grunnlag for å seie noko sikkert om arbeidsmiljøet til lærlingane. Elevundersøkinga og ulik forsking dokumenterer at manglande arbeidsro er eit problem for ein stor majoritet av elevane i skolen, men at det er ein relativt liten del av elevane som skaper problema.
Samstundes viser undersøkinga at det store fleirtalet av elevane trivst på skolen, og at den sosiale trivselen er større enn den faglege (Elevundersøkinga 2006). Når det gjeld motivasjon, er det ingen vesentlege endringar sidan 2005. Om lag 80 pst. av elevane på ungdomstrinnet og i vidaregåande skole svarar at interessa for å lære på skolen er til stades i mange eller dei fleste faga. Det er heller ikkje vesentlege endringar i omfanget av mobbing. 4,5 pst. av elevane svarar at dei blir mobba éin eller fleire gonger i veka. Førebelse tal frå Elevundersøkinga 2007 tyder på at det ikkje har vore ein nedgang i omfanget av mobbing.
Ei særleg side av mobbing ein har blitt meir merksam på i dei siste åra, er såkalla kjønnsrelatert mobbing. Ein kunnskapsstatus om omfanget av kjønnsrelatert mobbing i opplæringa vart lagd fram i mai 2007. Rapporten samlar forsking og undersøkingar både nasjonalt og internasjonalt om dette temaet og viser at konfliktar i skolen ofte handlar om kjønn og seksualitet, eller har eit seksuelt innhald. Eit anna funn er at lærarar manglar kunnskap om korleis dei skal handtere seksuell trakassering.
Når det gjeld elevmedverknad i skolen, svarar halvparten av elevane i Elevundersøkinga 2006 at dei tykkjer dei har relativt liten innverknad på eller medråderett i det faglege arbeidet på skolen.
Elevane er stort sett nøgde med det fysiske arbeidsmiljøet i skolen. Dette gjeld for dei fleste elevane i grunnskolen. Elevane i vidaregåande opplæring er meir nøgde med dei fysiske forholda enn elevane i grunnskolen.
Regjeringa har sett i gang, ført vidare og støtta ei rekkje tiltak for å betre læringsmiljøet i grunnopplæringa. Arbeidet har vore forankra i Prinsipp for opplæringa i Kunnskapsløftet og Strategi for læringsmiljøet i grunnopplæringa (2005–2008) og Manifest mot mobbing. Sjå nærmare omtale i kap. 226.
Departementet samarbeider med fleire andre departement om gjennomføringa av tiltak som er forankra i ulike strategi- og handlingsplanar og har mellom anna ført vidare samarbeidet med Helse- og omsorgsdepartementet om prosjektet Fysisk aktivitet og måltid i skolen. Om lag 350 skolar har arbeidd med prosjekt i 2006–2007. HEMIL-senteret ved Universitetet i Bergen leverte ein evalueringsrapport i desember 2006 som viser positive resultat. Eit knapt fleirtal av skolane meinte at elevane vart meir konsentrerte, og at miljøet på skolen hadde vorte betre, samstundes som dei rapporterte at prosjektet ikkje hadde gått ut over undervisninga. Fleire skolar meiner likevel at tid og økonomi er dei viktigaste hindringane for å gjennom- føre måla om 20 minutt til skolemåltid og 60 minutt fysisk aktivitet kvar dag.
Departementet har inngått eit samarbeid med Norges Idrettsforbund og Olympiske komité og Helse- og omsorgsdepartementet om å få fram gode modellar for samarbeid mellom lokale idrettslag og skolefritidsordninga (SFO), jf. kap. 226.
Som ein del av tiltaka med å sikre det fysiske arbeidsmiljøet til elevane er den nettbaserte rettleiingstenesta for skoleanlegg vidareført og vidareutvikla.
Rentekompensasjonsordninga for investeringar i skoleanlegg som vart innført i 2002 skal stimulere kommunar og fylkeskommunar til å bygge nye skoleanlegg samt rehabilitere og ruste opp eksisterande anlegg. Ordninga blir forvalta av Husbanken, jf. også omtale under kap. 582 post 60 i St.prp. nr. 1 (2007–2008) for Kommunal- og regionaldepartementet. Kommunar og fylkeskommunar har vist stor interesse for ordninga etter at ho vart innført i 2002. Til og med første halvår 2007 hadde i alt 414 kommunar og 19 fylke søkt om midlar. Totalt har Husbanken registrert 1 420 prosjekt fordelte på 1 130 skolar. Breiband inngår i 485 prosjekt, og funksjonshemma sine behov er særleg tekne i vare i 734 prosjekt (registrert frå 2003), i medhald av forskrift om miljøretta helsevern i barnehagar og skolar med vidare. Investeringsramma for ordninga med rentekompensasjon til skoleanlegg som vart innført for perioden 2002–09 på i alt 15 mrd. kroner, er oppfylt og fullt fasa inn allereie i 2007. Kommunesektoren har vorte monaleg styrkt dei siste åra. Inntektane til kommunane har vokse meir enn føresett i dei årlege budsjettopplegga. I 2007 legg Regjeringa til grunn at veksten i dei frie inntektane til kommunane vil bli 1,9 mrd. kroner høgre enn anslått i revidert nasjonalbudsjett 2007. Kommunane har derfor no eit godt økonomisk grunnlag for å vedlikehalde skoleanlegg.
Samla vurdering
Departementet er uroa over at omfanget av mobbing i skolen ikkje går ned. Vi har etter kvart ganske mykje dokumentasjon om samanhengar mellom trivsel, tryggleik og læringsmotivasjon og om omfanget av mobbing og uro og korleis dette blir handtert i skolen. Men på dette området er det heile tida særs viktig å ha oppdatert kunnskap for å fange opp endringar og trendar over tid. Det er òg viktig at skoleeigarar og skolar blir informerte om utviklinga på feltet, slik at dei kan ta dei nødvendige åtgjerder. Arbeidet for eit godt læringsmiljø krev vedvarande og systematisk innsats på alle nivå.
Etter vurderinga til departementet er det nødvendig med meir kunnskap om sider ved læringsmiljøet som ein har vore mindre kjend med, som til dømes omfanget av kjønnsrelatert mobbing. Vi veit òg for lite om korleis lærlingar trivst og vurderer opplæringa.
Kommunane er skoleeigarar, men også eigarar av SFO. Det er viktig at kommunane er oppmerksame på elevanes behov for eit godt miljø også i SFO, mellom anna med tanke på arbeid mot mobbing, og for meir fysisk aktivitet og eit godt kosthald.
Strategiar og tiltak
Arbeidet for eit godt læringsmiljø er forankra i Strategi for læringsmiljøet i grunnopplæringa (2005–2008) med årlege tiltaksplanar og Manifest mot mobbing 2006–2008. For å understreke kor viktig det er at arbeidet mot mobbing er langsiktig, og at engasjementet blir halde oppe, har Regjeringa, KS, Utdanningsforbundet og Foreldreutvalet for grunnskolen skrive under på Manifest mot mobbing (2006–2008). Departementet vil vurdere resultata av manifestet mot mobbing og vurdere korleis ein skal vidareføre dette samarbeidet. Skolane vil framleis få tilbod om program mot mobbing og modellar for førebygging og meistring av problemåtferd.
Elevundersøkinga og Lærlingundersøkinga vil i kombinasjon med anna kunnskapsgrunnlag bli utnytta i endå større grad for å følgje med på korleis læringsmiljøet til elevane og lærlingane utviklar seg. Det er avsett midlar til ei kvalitetsundersøking av elevrådsarbeid i skolen, og eit samarbeidsprosjekt der ein vil utarbeide eit inspirasjonshefte for elevmedverknad.
Regjeringa ønskjer vidare å få kartlagt omfanget av kjønnsrelatert mobbing i grunnopplæringa. Spørsmål om kjønnsrelatert mobbing og om mobbing på grunn av seksuell orientering skal derfor inkluderast i ei landsomfattande kartlegging av læringsmiljøet i grunnskolar våren 2008. Vidare blir det no arbeidd med å inkludere svaralternativet «seksuell orientering» i Elevundersøkinga.
Fleire andre tiltak er retta inn mot dette feltet, og handlar om kunnskapsinnhenting, informasjon og rettleiing knytt til kjønnsrelatert mobbing og seksuell trakassering. Arbeidet vil bli følgt opp gjennom Strategi for læringsmiljøet i grunnopplæringa (2005–2008). Departementet vil leggje fram ein strategi for likestilling i barnehage og grunnopplæring. Denne vil òg rette søkjelyset på læringsmiljø og mobbing på bakgrunn av kjønn og seksuell orientering.
Arbeid både frå dei sentrale og dei lokale styresmaktene si side for at barn og unge ikkje skal utsetjast for mobbing og trakassering via digitale medium som mobiltelefon og Internett, inngår blant tiltaka i Manifest mot mobbing 2006–08.
Helse- og omsorgsdepartementet og Kunnskapsdepartementet har tatt ei avgjerd om at det skal utarbeidast ei representativ oversikt over om skolar er eller ikkje er godkjende etter forskrift om miljøretta helsevern i barnehagar og skolar. Det skal på denne bakgrunnen gjennomførast ei utvalsundersøking for å kartleggje status i grunn- og vidaregåande skolar i høve til godkjenning etter denne forskriften. Etter planen skal undersøkinga gjennomførast i løpet av 2007. Kunnskapsdepartementet vidarefører samarbeidet med andre departement om gjennomføringa av tiltak som er forankra i ulike strategi- og handlingsplanar knytte til eit godt læringsmiljø. Dette omfattar mellom anna områda fysisk og psykisk helse, arbeid mot rus og kriminalitet, kampen mot rasisme, vold i nære relasjonar, kjønnslemlesting og tvangsekteskap.
I samarbeid med Europarådet har Noreg teke på seg å etablere eit ressurssenter for arbeidet med demokrati-, menneskerettslege og interkulturelle spørsmål i skolen. Senteret vil bli etablert i Oslo og skal etter planen vere i funksjon frå hausten 2008, jf. kap 226.
På budsjettet til Arbeids- og inkluderingsdepartementet for 2008 er det sett av 30 mill. kroner til å etablere eit team av minoritetsrådgivarar ved vidaregåande skolar med meir enn 25 pst. minoritetsspråklege elevar. Minoritetsrådgivarane skal arbeide med å førebyggje tvangsekteskap og med kompetanseoppbygging knytt til tvangsekteskap.
Departementet viser til fleirtalsmerknad frå kyrkje-, utdannings- og forskingskomiteen i Budsjett-innst. S. nr. 12 (2005–2006) om auka kvalitet i skolefritidsordninga. Skolefritidsordninga skal leggje til rette for leik, kultur og fritidsaktivitetar med utgangspunkt i alder, funksjonsnivå og interesser hos barna. Målet er å utvide den tida elevane er på skolen, leggje fysisk aktivitet og leksehjelp inn i den utvida tida, og skape ein heilskapleg og fleksibel skoledag for dei yngste elevane. Skolefritidsordninga må sjåast i samanheng med dette, jf. også omtale av timetalsutviding og utvida skoledag under målet om betre læringsutbytte.
Departementet vil vidareføre samarbeidet med Norges Idrettsforbund og Olympiske komité og Helse- og omsorgsdepartementet om modellar for samarbeid mellom lokale idrettslag og SFO.
I revidert nasjonalbudsjett 2007 vart det gjort vedtak om å innføre gratis frukt og grønt for alle elevar på skolar med ungdomstrinn, det vil seie både reine ungdomsskolar (8.–10. trinn) og kombinerte skolar (1.–10. trinn), frå hausten 2007. Regjeringa ønskjer å vidareføre ordninga i 2008. Kunnskapsdepartementet vil på eit seinare tidspunkt fremme forslag om lovfesting av ordninga
Samarbeid med foreldre og føresette er sentralt i alt som har med læringsmiljøet og læringa og utviklinga til elevane å gjere. Departementet ser det derfor som viktig å styrkje heim–skole-samarbeidet, jf. også kap. 221 (tidlegare kap. 204). Som ledd i dette vil det bli utarbeidd ein rettleiande mal for samarbeidsavtalar mellom heim og skole.
Mål: Skolen skal utvikle seg gjennom læring og fornying
Rapport 2006–07
Tilstandsvurdering
Læraren og instruktøren er den viktigaste ressursen i skolen og lærebedrifta. Studiar viser ein samanheng mellom lærarens faglege og pedagogiske kompetanse og læringsutbyttet til elevane. Kompetanseutvikling av lærarar, instruktørar og skoleleiarar har derfor vore høgt prioritert i dei siste åra. Regjeringa har gjennom Kompetanse for utvikling – Strategi for kompetanseutvikling i grunnopplæringa 2005–2008 løyvd til saman meir enn éin milliard kroner til kommunane frå 2005 til 2007 til reformrelatert kompetanseutvikling, jf. omtale i kap. 226.
Ei undersøking frå Statistisk sentralbyrå (SSB) viser at det store fleirtalet av grunnskolelærarane har formell pedagogisk utdanning. Omfanget av fagleg fordjuping, målt som minst 60 studiepoeng, varierer. Tre av fire som underviser i norsk har fordjuping, noko som reflekterer fagets sterke forankring i allmennlærarutdanninga. I dei siste åra har det vore satsa mykje på realfaga. I perioden 1999–2005 har delen av matematikklærarar i grunnskolen med fordjuping i matematikk auka frå 59 pst. til 67 pst. Ein tilsvarande auke finst når det gjeld natur- og miljøfag. Det er minst fordjuping i engelsk og heimkunnskap. Generelt er omfanget av fagleg fordjuping størst på ungdomstrinnet, der om lag tre av fire lærarar har fordjuping i det faget dei underviser i.
I vidaregåande opplæring har det store fleirtalet av lærarane godkjent formell pedagogisk kompetanse. Den faglege kompetansen, målt ved stillingstype, er generelt sett høg. Dei vanlegaste stillingstypane er adjunkt med opprykk og lektor med opprykk, som kvar utgjer omtrent ein tredjedel av totalen. Det er til dels store variasjonar mellom landsdelane. Delen som er lektor med opprykk, er høgst i Oslo/Akershus og i Agder med over 50 pst. Lågast er delen i Nord-Noreg.
Læring og fornying i skolen er også avhengig av god skoleleiing. Det har vore retta stor merksemd mot skoleleiing i Noreg i dei siste åra. Departementet har hatt mange store satsingar på program for skoleleiarar. Desse har delvis vore obligatoriske, men har ikkje gitt studiepoeng. Det er òg utvikla mange vidareutdanningstilbod for skoleleiing, og det er etablert eit nettverk for skoleleiing. Skoleleiing har òg vore prioritert i den første fasen av kompetanseutviklingsstrategien.
Status er at ein stor del av rektorane (40 pst. i 2005) manglar formell utdanning i leiing. Men satsing på skoleleiing i kompetanseutviklingsstrategien har medført stor deltaking i etter- og vidareutdanning. I 2006 sa kvar fjerde rektor at han/ho deltek i vidareutdanning. Rektorar opplever jobben som krevjande, men dei fleste trivst. Skoleleiarrolla har utvikla seg ulikt i kommunane avhengig av ulik kommunal organisering.
Internasjonal forsking har vist at skoleleiing er svært viktig for god utvikling av skolesektoren. Førebels er det ikkje grunnlag for å vurdere kvaliteten på skoleleiinga i Noreg samanlikna med andre land. Generelt er det framleis lite forskingsbasert kunnskap på området. Men nokre norske studiar som har undersøkt forholdet mellom leiing og utvikling i skolen, viser tendensar i same retning som den internasjonale forskinga. Noreg og 21 andre land er med i OECD-undersøkinga Improving School Leadership. Noreg deltek òg i OECD-studien TALIS 2007–2008 Teaching and Learning International Survey om undervisning og læring. Studien er retta mot skoleleiarar og lærarar på ungdomssteget. Desse studiane vil kunne styrkje kunnskapsgrunnlaget for vidare utvikling av skoleleiing.
Sjølv om den formelle kompetansen til lærarar og skoleleiarar til dels er tilfredsstillande, viser forsking, internasjonale undersøkingar og Elevundersøkinga at undervisning og arbeidsmåtar i skolen treng fornying. I Elevundersøkinga 2006 seier til dømes over 60 pst. av elevane på ungdomstrinnet og over 80 pst. av elevane på 5.–7. trinnet at IKT/data blir brukt berre i somme fag eller ikkje i det heile teke. Arbeidet med digitale læringsressursar og utbygginga av elektronisk identitetsforvaltning (FEIDE) i grunnopplæringa har halde fram, og har medverka til at omfanget av digitale læremiddel i opplæringa har auka, jf. omtale i kap. 226. Den låge bruken av IKT i opplæringa kan derfor ikkje forklarast med kva slags IKT-utstyr som er tilgjengeleg. Maskin- og internettdekninga er betra i både grunnskolen og vidaregåande opplæring. Med nokre unntak har skolane god nok infrastruktur til å ta i bruk IKT og Internett ved nasjonale prøver og eksamenar. Fylkeskommunane tek no større ansvar for innkjøp, drift og administrasjon av IKT-ustyret ved dei vidaregåande skolane. Situasjonen i vidaregåande opplæring er betre enn i grunnskolen, med omsyn til både drift og utstyrssituasjonen.
Satsinga på digital kompetanse i skolen er ein sentral del av Kunnskapsløftet. Program for digital kompetanse 2004–2008 legg vekt på at IKT skal fremme kvalitet i opplæringa, motivasjon for læring, betre læringsformer og læringsutbytte. Ei midtvegsevaluering viser at det framover må leggjast meir vekt på den strategiske integreringa av IKT i læringsarbeidet. Dette må sjåast i samanheng med lærarkompetansen som framleis ikkje er på tilfredsstillande nivå. Her har team- og nettverksarbeid ( Lærande nettverk) vist seg å fungere godt som verktøy for kompetanseutvikling.
Søkninga til utviklingsprogrammet Kunnskapsløftet – fra ord til handling viser at det er stor interesse blant skolar og skoleeigarar for å utvikle skolen gjennom læring og fornying. Satsinga i 2007 er utvida til å omfatte auka gjennomføring i vidaregåande opplæring og tidleg innsats, jf. omtale i kap. 226. Det er i 2007 løyvd 65 mill. kroner til programmet, og 47 nye utviklingsprosjekt er sette i gang. Prosjekta involverer til saman 130 barnehagar og skolar. Av desse er 96 grunnskolar og 15 vidaregåande skolar. Sju fylkeskommunar er involverte i prosjekt som skal betre gjennomføringa i vidaregåande opplæring.
Innanfor lærarutdanningane har FoU-verksemd medverka til å styrkje praksisfeltet og skape ein betre samanheng mellom utdanning og praksis. Departementet har ført vidare satsinga på forskingsprogrammet for Praksisretta FoU for barnehage, skole og lærarutdanning gjennom Noregs forskingsråd. Programmet skal medverke til å gi betre kunnskap om samanhengen mellom yrkesutdanning og yrkespraksis i skole og barnehage, jf. kap. 275.
Perioden 2005–14 er FN’s tiår for Utdanning for bærekraftig utvikling. I samarbeid med blant andre NRK, Miljøverndepartementet og Noregs forskningsråd har det vore gjennomført fleire tiltak for å auke kompetansen i grunnopplæringa knytt til miljøspørsmål og berekraftig utvikling, jf. nærmere omtale i kap. 226.
Samla vurdering
Departementet vurderer utviklinga som positiv når det gjeld kompetanseheving og utviklingsarbeid i grunnopplæringa. Kompetanseutviklingsstrategien og ulike utviklingsprogram, blant anna samarbeidet mellom profesjonsutdanningane og praksisfeltet, har medverka til det. Men det må framleis leggjast vekt på vidare kompetanseutvikling og på å få meir kunnskap som bakgrunn for å vurdere korleis dette kan gjerast på beste måte. Departementet forventar at blant anna deltakinga i internasjonale studiar om undervisning og lærar- og skoleleiarkompetanse vil gi meir nyttig kunnskap om forholdet mellom kompetanse, læring og fornying i skolen. Departementet legg òg vekt på at lærarane skal involverast i prioriteringane i vidareføringa av kompetanseutviklingsstrategien og at utviklingsarbeidet skal vere klart forankra på lærestaden, jf. kap. 226.
Læring og fornying gjennom integrering av IKT i det pedagogiske arbeidet er ein del av dette, og eit område som stadig krev merksemd. Departementet vurderer det slik at fleirtalet av skolar i grunnopplæringa no har ein tilfredsstillande infrastruktur, og at ein derfor kan forvente ei positiv utvikling når det gjeld den pedagogiske bruken av IKT, og gjennom det betre læring for elevar og lærlingar.
Tilstanden på IKT-feltet i grunnopplæringa har aktualisert spørsmålet om normer og standardar for maskinpark og nettilknyting. Departementet ser at dette vil ha både føremonar og ulemper. Normer og standardar kan tene til å stimulere skoleeigarar som ikkje har prioritert dette tilstrekkeleg høgt, til å betre situasjonen. På den andre sida kan slike standardar også setje ei grense som skoleeigarar ikkje strekkjer seg etter å passere. Departementet vil derfor ikkje tilrå standardar og normer i første omgang, men vil følgje utviklinga i sektoren nøye framover.
Strategiar og tiltak
Regjeringa legg vekt på å styrkje kompetansen til lærarar, instruktørar og skoleleiarar. Kompetanse for utvikling – Strategi for kompetanseutvikling i grunnopplæringen 2005–2008 blir ført vidare i 2008. Departementet vil setje av 375 mill. kroner til kompetanseutvikling i 2008, og midlane skal gå direkte til skoleeigar.
Område som er særleg prioriterte i 2008, er kompetanseutvikling i individvurdering. I siste del av strategiperioden skal det òg leggjast vekt på kompetanseutvikling for tilsette i fag- og yrkesopplæringa. Fordeling av midlar mellom kommunar og fylkeskommunar er derfor sett til 65 pst. til kommunane og 35 pst. til fylkeskommunane. Skoleeigarane skal sikre at lærarane og instruktørane ved den enkelte lærestaden blir involverte i arbeidet med planlegging og prioritering av kompetanseutviklingstiltaka.
Departementet vil sikre vidare satsing på skoleleiing. Noreg og 21 andre land er med i OECD-studiane Improving School Leadership og Teaching and Learning International Survey (TALIS) og IEA-studien Teacher Education and Development Study (TEDS-M 2008). Departementet vil gjennom desse internasjonale undersøkingane innhente meir kunnskap om skoleleiing og lærarkompetanse og vurdere kva slags oppfølging som trengst. Oppfølginga av Improving School Leadership vil kunne medverke til å klargjere korleis omgrepet «tydeleg leiing» blir forstått, og gi grunnlag for drøfting av skoleleiarkompetanse og kvalifiseringskrav. Utvikling av god lærings- og undervisningspraksis, samt utvikling av modellar for skoleleiing, er sentrale tema i TALIS. I TEDS-M 2008 er samanheng mellom policy for lærarutdanninga i matematikk, praksis i lærarutdanninga og utbyttet til studentane sentrale tema.
På bakgrunn av den kunnskapen ein får gjennom å delta i internasjonale undersøkingar og nasjonal forsking, vil departementet vurdere om det kan vere aktuelt å stille krav til kompetanse for skoleleiarar. Dei ulike studietilboda som høgskolar og universitet har for skoleleiarar, blir også vurderte.
Med Kunnskapsløftet er det auka krav om lese- og skriveopplæring og krav til digital kompetanse og grunnleggjande dugleik i alle fag. Dette stiller også andre og større krav til undervisninga. Departementet vil halde fram med å stimulere til læring, fornying og kvalitetsutvikling i skolen, blant anna gjennom meir systematisk bruk av IKT som pedagogisk verkemiddel i opplæringa.
For å styrkje lærarkompetansen har departementet sendt ut på høring eit forslag om krav til kompetanse for å bli tilsett for å undervise på 1. trinn. Forslaget inneber at alle førskolelærarar som skal tilsetjast, må ha minst 60 studiepoeng vidareutdanning. For nytilsetjing på ungdomstrinnet er forslaget at det skal krevjast minst eitt års fordjuping for å undervise i norsk, matematikk og engelsk. Endringar i kompetanseforskrifta skal fastsetjast etter årsskiftet og gjerast gjeldande frå og med tilsetjingar for skoleåret 2008–09.
Programmet Praksisretta FoU i grunnopplæring, barnehage og lærarutdanning vil bli vidareført i 2008. Programmet har som mål å forbetre praksisfeltet og lærarutdanninga gjennom samarbeid mellom lærarutdanning og skole-/barnehageeigar. I 2008 skal programmet strukturere, samordne og koordinere eksisterande samarbeid og utvikle modellar for samarbeid mellom lærarutdanning og skole-/barnehageeigar innanfor eit breitt felt av ansvarsoppgåver. Dette skal resultere i varige institusjonelt forankra samarbeidsformer. Programmet blir administrert av Noregs forskingsråd. Sjå omtale i kap. 275.
Kunnskapsløftet – fra ord til handling blir vidareført i 2008. Det vil bli lagt vekt på å få fram gode prosjekt knytte til tidleg innsats og gjennomføring i vidaregåande opplæring.
I tråd med FN’s tiår Utdanning for berekraftig utvikling skal det utarbeidest ein samla nasjonal strategi for utdanning for berekraftig utvikling, jf. kap. 226.
Kap. 220 Utdanningsdirektoratet
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2006 | Saldert budsjett 2007 | Forslag 2008 |
01 | Driftsutgifter | 145 458 | 146 314 | 145 187 |
21 | Særskilde driftsutgifter , kan nyttast under post 70 | 20 405 | 5 199 | 5 871 |
70 | Tilskott til læremiddel o.a. , kan overførast, kan nyttast under post 21 | 36 281 | 38 814 | 40 483 |
Sum kap. 220 | 202 144 | 190 327 | 191 541 |
Post 01 Driftsutgifter
Løyvinga gjeld drift av Utdanningsdirektoratet. Direktoratet har lokale i Oslo, Hamar og Molde, og hadde om lag 250 tilsette i 2006. Hovudoppgåvene for direktoratet er:
å fremme kvalitetsutvikling i grunnopplæringa
å fremme kvalitetsvurdering, analyse og dokumentasjon av grunnopplæringa
å utføre forvaltningsoppgåver knytte til grunnopplæringa
Direktoratet skal gjennom ulike tiltak medverke til å sikre at den nasjonale utdanningspolitikken som er fastsett i lov og forskrift blir oppfylt, slik at barn, ungdom og vaksne i heile landet kan få ei god og forsvarleg grunnopplæring tilpassa føresetnadene og behova til den enkelte. For nærmare omtale av oppgåver, sjå omtalen i innleiinga til programkategorien og kap. 226.
Direktoratet er delegert mynde i forvaltningssaker når det gjeld opplæringslova, privatskolelova og folkehøgskolelova, samt forvaltning av regelverk, tilsyn, rettferdsvederlag og forsøk etter opplæringslova.
Direktoratet er delegert mynde i forvaltningssaker som gjeld
det statlege spesialpedagogiske støttesystemet (Statped), jf. kap. 230
etatsstyringa av statlege skolar som gir grunnopplæring, jf. kap. 222
embetsstyringa av fylkesmannsembeta på utdanningsområdet, jf. St.prp. nr. 1 (2007–2008) for Fornyings- og administrasjonsdepartementet
tilskott til eksamensforvaltning, privatskolar, folkehøgskolar og andre formål, jf. kap. 225, 227, 228, 229 og 253
fagleg styring av åtte nasjonale senter, jf. kap. 226
styringa av Forskings- og kompetansenettverket for IT i utdanninga, jf. kap. 226
Direktoratet har sekretariatsfunksjonen for Samarbeidsrådet for yrkesopplæring, som er eit samarbeidsråd for partane i arbeidslivet og utdanningsmyndigheitene, og sekretariatsfunksjonen for dei ni yrkesfaglege råda, som har eit overordna ansvar for fag- og yrkesopplæringa. Direktoratet er sentral instans for godkjenning av yrkeskvalifikasjonar for lærarar frå utlandet.
Rapport for 2006-07
Etter departementet sitt syn har direktoratet gjennomført oppgåvene sine for 2006 på ein tilfredsstillande måte. Gjennomføringa av Kunnskapsløftet har stått sentralt både i 2006 og 2007. Arbeidet med Kunnskapsløftet skjer innanfor heile spekteret av oppgåver som direktoratet har ansvar for, både utviklingsarbeid, oppfølgingsarbeid og arbeid knytt til forvaltning av regelverk og tilsyn.
Kvalitetsutvikling i grunnopplæringa
Det vart utvikla nye læreplanar i norsk og samisk for fag i grunnskolen og innanfor fag- og yrkesopplæringa i tråd med innføringstakten i reforma, jf. kap. 226.
Oppfølging av Strategi for kompetanseutvikling i grunnopplæringen 2005–2008 har i 2006 femna om forvaltning av kompetanseutviklingsmidlane, evaluering av strategien, støtte og rettleiingsarbeid knytt til strategien, informasjon om strategien til grunnopplæringa og kontakt med samarbeidspartane, mellom anna universitets- og høgskoleinstitusjonar, jf. kap. 226.
Direktoratet har følgt opp dei nasjonale strategiane, mellom anna ved å gjennomføre tiltak på bakgrunn av evalueringsresultat. På regionale konferansar og samlingar er det lagt vekt på erfaringsutveksling og kompetanseheving. Å leggje til rette for bruk av Internett har vore sentralt for fleire av strategiane. Samarbeid med forskingsmiljø og dei regionale vitensentra har òg vore eit sentralt verkemiddel. For nærmare resultatrapport om både nasjonale strategiar og nasjonale senter, jf. kap. 226.
Kvalitetsvurdering, analyse og dokumentasjon av grunnopplæringa
Direktoratet har i perioden 2006–11 ansvar for å organisere evalueringa av Kunnskapsløftet. I 2006 er fleire oppdrag utlyste og deretter tildelte til ulike forskingsmiljø. Det vil komme årlege delrapportar frå alle delevalueringane.
Direktoratet har revidert det nasjonale kvalitetsvurderingssystemet, og det er utvikla nye nasjonale prøver for 5. og 8. trinn og kartleggingsmateriell for 2. trinn. Direktoratet har òg revidert nettstaden Skoleporten, Elevundersøkinga, Lærarundersøkinga og Foreldreundersøkinga. Revideringa av Lærling- og Instruktørundersøkinga er starta.
Direktoratet har initiert og følgt opp kartleggingar, statistikk, internasjonale studiar og evalueringar innanfor nasjonale satsingsområde. Statistikkgrunnlaget for grunnopplæringa er vidareutvikla.
Kvart år publiserer direktoratet Utdanningsspeilet, som mellom anna omtalar statistikk og forsking innanfor grunnopplæringa.
Forvaltningsoppgåver knytte til grunnopplæringa
Direktoratet har utført forvaltningsoppgåver som tilsyn og oppfølging av regelverk, gjennomføring av eksamen og prøver og forvaltning av tilskottsordningar.
Tilsyn har vore eit satsingsområde både i 2006 og 2007. Det første felles nasjonale tilsynet på opplæringsfeltet vart gjennomført av fylkesmannen våren 2006. Formålet var å undersøkje om kommunane oppfylte pliktane sine etter opplæringslova § 13-10 andre ledd, om å ha eit forsvarleg system for vurdering og oppfølging av om krav i lov og forskrift blir følgde. Tilsynet viste at om lag 70 pst. av dei 55 tilsynskommunane ikkje fullt ut oppfyller lovkravet. Direktoratet har følgt opp resultatet overfor kommunane. I tillegg har direktoratet i samarbeid med KS utarbeidd ei rettleiing som omtalar innhaldet og krava i lovreglane, og som gir skoleeigarane nødvendig rettleiing om det overordna ansvaret. Våren 2007 gjennomførte fylkesmannen det andre nasjonale tilsynet, der temaet var om skoleeigar oppfyller lovkrav om tilpassa opplæring og spesialundervisning, samt om skoleeigar har eit forsvarleg system for å sikre dette. Resultatet viser eitt eller fleire avvik i 17 av 18 fylkeskommunar og i 80 av dei 90 kommunane tilsynet omfatta.
Utdanningsdirektoratet var delegert mynde til å godkjenne friskolar etter den tidlegare friskolelova og private grunnskolar etter opplæringslova. I 2006 godkjende direktoratet fem nye frittståande skolar på grunnskolenivå og om lag 35 endringar for eksisterande skolar.
Utdanningsdirektoratet har gjennom sekretariatsansvaret for SRY og dei faglege råda lagt til rette for trepartssamarbeidet om fag- og yrkesopplæringa i utforminga og gjennomføringa av Kunnskapsløftet. Innhaldet i opplæringa har stått sentralt, mellom anna ulike sider ved tilbodsstrukturen og læreplanane. Vurdering, dokumentasjon og analyse av feltet samt EU-samarbeidet om yrkesopplæring har òg vore viktige område.
Utdanningsdirektoratet har fått delegert ansvaret for fagleg styring av dei åtte nasjonale sentra som departementet har oppretta. Senter for Kunst og kultur i opplæringa ved Høgskolen i Bodø vart oppretta 1. januar 2007.
Direktoratet er delegert mynde til å førebu handsaminga av søknader om rettferdsvederlag som gjeld grunnopplæringa. På grunn av stor pågang av søknader vart det i 2006 sett i verk tiltak for å få redusert sakshandsamingstida.
Mål for 2008
Kvalitetsutvikling i grunnopplæringa
Utdanningsdirektoratet skal mellom anna fastsetje dei siste læreplanane innanfor Kunnskapsløftet, slik at nye læreplanar blir innførte for 3. trinn i vidaregåande opplæring hausten 2008.
Direktoratet skal følgje opp arbeidet knytt til Strategi for kompetanseutvikling i grunnopplæringa 2005–2008,dei nasjonale strategiplanane og anna utviklingsarbeid.
Kvalitetsvurdering, analyse og dokumentasjon
Direktoratet skal forvalte og vidareføre det nasjonale kvalitetsvurderingssystemet, mellom anna den reviderte nettstaden Skoleporten.
Direktoratet skal følgje opp strategidokumentet Kunnskap for utvikling i samband med oppgåver knytte til forsking, analyse og dokumentasjon.
Forvaltningsoppgåver
Oppgåva med å føre tilsyn med grunnopplæringa skal prioriterast opp i 2008, og departementet vil framleis stille aktivitetskrav for tilsynet. Direktoratet skal gjennomføre nasjonalt tilsyn med felles tema og metodikk våren 2008.
Direktoratet skal utføre ordinære forvaltningsoppgåver knytte til lov og regelverk, eksamen og prøver, tilskottsforvaltning, etatsstyring, embetsstyring og fagleg styring av nasjonale senter.
Budsjettforslag for 2008
Departementet foreslår ei samla løyving på post 01 på 145,2 mill. kroner i 2008. Dette inneber ein reell reduksjon på 5 mill. kroner samanlikna med saldert budsjett for 2007.
Post 21 Særskilde driftsutgifter, kan nyttast under post 70, og post 70 Tilskott til læremiddel o.a., kan overførast, kan nyttast under post 21
Løyvinga på post 21 og 70 skal medverke til at det blir utvikla og produsert læremiddel der det ikkje er grunnlag for kommersiell produksjon. Dette kan omfatte læremiddel for smale fag / små elevgrupper, særskilt tilrettelagde læremiddel og læremiddel for språklege minoritetar.
Det er gitt tilskott til produksjon av læremiddel for Vg2 og Vg3 (basis-, parallell- og fellesspråklege utgivingar) innanfor yrkesfaglege og studieførebuande utdanningsprogram. Eit pilotprosjekt knytt til utvikling av eit nettbasert læremiddel innanfor utdanningsprogrammet for design og handverk er ferdig. Læremiddelet har overføringsverdi til læremiddelutvikling generelt, særleg innanfor yrkesfag. Det er gitt støtte til multifunksjonelle læremiddel for grunnskolen, læremiddel for hørselshemma og læremiddel for synshemma. Det er òg gitt tilskott til mellom anna læremiddel i grunnleggjande norsk og morsmål for elevar frå språklege minoritetar. Det er utvikla både trykte og digitale læremiddel innanfor alle områda.
Det nordiske ordbokprosjektet LEXIN-N er ført vidare, med tre illustrerte, tospråklege nettordbøker i MINI-utgåver.
Det er sett i gang arbeid med å lage ein plan for læremiddelarbeid for perioden 2007–10. Direktoratet har initiert nettverksbygging på læremiddelfeltet, og det er nedsett eit rådgivande utval for læremiddelspørsmål og etablert faggrupper knytte til ulike målgrupper og fagområde.
Departementet foreslår at løyvinga blir ført vidare på same nivå som i 2007.
Kap. 3220 Utdanningsdirektoratet
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2006 | Saldert budsjett 2007 | Forslag 2008 |
01 | Inntekter frå oppdrag | 7 579 | 5 037 | 5 254 |
02 | Salsinntekter o.a. | 11 557 | 12 042 | 12 560 |
16 | Refusjon av fødselspengar/adopsjonspengar | 1 365 | ||
18 | Refusjon av sjukepengar | 3 440 | ||
Sum kap. 3220 | 23 941 | 17 079 | 17 814 |
Kap. 221 Foreldreutvalet for grunnskolen
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2006 | Saldert budsjett 2007 | Forslag 2008 |
01 | Driftsutgifter | 7 371 | ||
Sum kap. 221 | 7 371 |
Løyvinga gjeld drift av Foreldreutvalet for grunnskolen (FUG), tidlegare kap. 204. FUG er eit sjølvstendig rådgivande organ for departementet i saker om samarbeid mellom skole og heim. FUG skal arbeide for godt samarbeid mellom skole og heim, og skal ta i vare interessene til foreldra i skolesamanheng.
Funksjonstida til det noverande utvalet går ut 31. desember 2007. Departementet har starta prosessen med å oppnemne nytt utval med funksjonstid frå 1. januar 2008 til 31. desember 2011.
Rapport for 2006–07
Etter departementet sitt syn har FUG gjennomført dei pålagde oppgåvene sine for 2006 på ein tilfredsstillande måte.
FUG har gjennomført fleire tiltak for å auke kompetansen om samarbeidet mellom heim og skole både hos foreldre og i skolen. Informasjon til foreldre, tilsette i skolen og skoleeigarar er send i ei skolestartpakke til alle skolar. I tillegg har FUG satsa på eit samarbeid med KS som eit ledd i å få skoleeigarar til å sette fokus på heim–skole-samarbeid. Medlemmene i FUG har elles hatt ei omfattande kurs- og foredragsverksemd rundt om i landet, og etterspurnaden har vore stor, mellom anna frå fleire lærarutdanningar. FUG har vidareutvikla informasjonsmateriellet og i auka grad tilpassa det til dei ulike målgruppene. FUG har lagt vekt på å framstå som kunnskapsformidlar og brubyggjar. FUG har prioritert informasjonsarbeid, mellom anna om Kunnskapsløftet, og på nettstadene fug.no og foreldrenettet.no kan interesserte finne relevant stoff.
FUG har hatt oppgåver knytte til enkelte av dei nasjonale strategiplanane. Strategien for likeverdig opplæring i praksis har omfatta FUG-prosjektet Minoritetsspråklege foreldre – ein ressurs for elevane si opplæring i skolen. Prosjektet er avslutta og evaluert av Rambøll Management AS, og resultata tyder på at prosjektet har vore vellykka. I kjølvatnet av prosjektet er det oppretta minoritetsspråklege ressursnettverk (MiR) i fire kommunar, og det er også gjennomført kurs i familielæringsmetoden, dette som eit ledd i å involvere foreldregrupper som vanlegvis ikkje blir rekna som ressurssterke.
Ein annan viktig del av FUGs rolle som rådgivande organ har vore deltaking i ulike referanse- og samarbeidsgrupper for oppfølging av skolepolitiske satsingar. FUG har samarbeidd med sentrale aktørar på utdanningsfeltet for på den måten å få ei samla satsing på utviklinga av samarbeidet. Det har vore særs viktig å formidle at skolane må ha eit ressursfokus, ikkje eit mangelfokus, på foreldra.
FUG har følgt opp målsettjinga om skolering av tillitsvalde foreldre gjennom informasjon og rådgiving. Ved at foreldre frå fleire skolar går saman i kommunale foreldreutval (KFU), kan dei få større grad av medverknad i utforminga av lokale oppveksttiltak. I arbeidet med å få oppretta fleire KFU har FUG valt ut Nord-Trøndelag som prosjektfylke for ekstra innsats. Der har førebels elleve av 24 kommunar fått KFU.
Mange foreldre tek kontakt med FUG for å få informasjon og råd når det gjeld det fysiske og det psykososiale læringsmiljøet. FUG har delteke i arbeidet til Utdanningsdirektoratet med å lage ei rettleiing for skolemiljøutval. FUG deltek òg i Skolemiljøalliansen, eit forum som er oppteke av å betre det fysiske læringsmiljøet til elevane.
Mål for 2008
Samarbeidet mellom heim og skole skal komme elevane til gode, slik at dei får eit best mogleg utbytte av opplæringa. Eit godt samarbeid kan medverke til å jamne ut sosiale forskjellar mellom elevar.
FUG skal i 2008:
fortsette å informere skoleverket om den rolla foreldre har for opplæringa til elevane, dette for å auke kompetansen i heim–skole-samarbeid for dei tilsette i skolen
fortsette å arbeide for at alle foreldre engasjerer seg i opplæringa, uavhengig av sosial bakgrunn, mellom anna ved å spreie kunnskap om samanhengen mellom foreldrestøtte og motivasjonen til elevane
fortsette å gi informasjon og rettleiing til foreldre, særleg tillitsvalde foreldre
Budsjettforslag for 2008
Løyvinga under kapitlet blir ført vidare på same nivå som i 2007. Løyvinga på post 01 kan overskridast mot tilsvarande meirinntekter på kap. 3221 post 02, jf. forslag til vedtak II nr. 1.
Kap. 3221 Foreldreutvalet for grunnskolen
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2006 | Saldert budsjett 2007 | Forslag 2008 |
02 | Salsinntekter o.a. | 264 | ||
Sum kap. 3221 | 264 |
Inntektene på post 02 kjem frå sal av informasjons- og rettleiingsmateriell til mellom anna foreldre og skolar.
Kap. 222 Statlege grunn- og vidaregåande skolar og grunnskoleinternat
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2006 | Saldert budsjett 2007 | Forslag 2008 |
01 | Driftsutgifter | 137 853 | 110 869 | 114 252 |
45 | Større utstyrsinnkjøp og vedlikehald , kan overførast | 2 215 | 4 187 | 4 292 |
Sum kap. 222 | 140 068 | 115 056 | 118 544 |
Post 01 Driftsutgifter og post 45 Større utstyrsinnkjøp og vedlikehald
Kapitlet omfattar mellom anna:
drift av skole og internat ved Sameskolen i Midt-Noreg, Hattfjelldal
undervisnings- og internattenester ved dei kommunale sameskolane i Snåsa og Målselv
drift av Samisk vidaregåande skole i Karasjok og Samisk vidaregåande skole og reindriftsskole i Kautokeino
drift og vedlikehald av Vea – Statens fagskole for gartnarar og blomsterdekoratørar
lønn etter rettsvilkårsavtalen for personale ved nedlagde statlege skolar og ventelønn for personale frå avvikla statsinternat i Finnmark
Longyearbyen skole
Longyearbyen skole hadde i 2006 192 elevar om våren og 189 elevar om hausten i grunnskolen. Det er om lag som året før. I vidaregåande avdeling var det i 2006 42 heiltidselevar og fem delkurselevar om våren og 31 heilårselevar og sju deltidselevar om hausten (45 elevar året før). I tillegg til studieretning for allmenne fag gav skolen tilbod i Vg1 mekaniske fag og Vg1 helse- og sosialfag. Skolen hadde 19 framandspråklege elevar. Om lag 50 deltok i skolefritidsordninga, og om lag 100 fekk tilbod frå kulturskolen. I løpet av året deltok om lag 50 vaksne på kurs i norsk med samfunnsfag for framandspråklege. Ved slutten av året hadde skolen 45 tilsette i til saman 39 årsverk. Om lag 75 pst. av dei tilsette var kvinner. Skolen spelar ei aktiv rolle i lokalsamfunnet og har samarbeid med næringslivet, mellom anna om grunnkurs i mekaniske fag.
Longyearbyen skole vart frå 1. januar 2007 overførd til Longyearbyen lokalstyre, som tok over styrings- og driftsansvaret for skolen og arbeidsgivaransvaret for dei tilsette. Frå same tid fall det statlege styret for skolen, som var oppnemnt av Kunnskapsdepartementet, bort. Tilhørande løyving på kap. 222 vart rammeoverført til Svalbardbudsjettet kap. 480 post 50.
Grunnskolar for samiske elevar
Sameskolen i Midt-Noreg hadde i skoleåret 2006–07 elleve faste elevar mot tolv året før. Skolen gav fjernundervisningstilbod i sørsamisk til 15 elevar ved ni skolar (25 elevar ved 18 skolar året før). 27 elevar nytta seg av tilbod om integreringsopphald/språkleir ved skolen med internatopphald i seks uker à 30 timar. Skolen har ambulerande lærar som besøkjer skolar med elevar som skal ha opplæring i sørsamisk og andre samiske emne. Det blir òg gitt rettleiing til foreldre, lærarar og skoleleiinga.
Sameskolen i Snåsa hadde i 2006 13 elevar på våren og 18 elevar på hausten. Det vart gitt fjernundervisning i sørsamisk til 15 elevar på våren og 13 på hausten.
Sameskolen i Målselv hadde i 2006 13 elevar på våren og 18 på hausten.
Med grunnlag i erfaringane frå ulike prosjekt om fjernundervisning i samisk vil det bli utarbeidd ein samla plan for fjernundervisning i samisk, mellom anna for å leggje til rette for ordinær drift av fjernundervisning på alle dei tre samiske språka (nordsamisk, sørsamisk og lulesamisk).
Spørsmål om det framleis vil vere bruk for internatskolane skal i den samanheng vurderast, jf. at målsettinga med sørsameprosjektet (sørsamisk opplæring ved heimeskolen) var å «utvikle alternativer til sørsamisk grunnskole opplæring på internatskole» (St.prp.nr. 1 (1998–99)).
Statlege samiske vidaregåande skolar
I skoleåret 2006–07 hadde Samisk vidaregåande skole i Karasjok 104 elevar fordelte på fire utdanningsprogram (110 elevar i seks studieretningar året før). I tillegg hadde skolen 17 delkurselevar og 19 elevar som fekk fjernundervisning i samisk. 58 personar frå det lokale næringslivet deltok på ulike kurs som skolen arrangerte. Samisk vidaregåande skole og reindriftsskole i Kautokeino hadde 92 elevar i fem utdanningsprogram (90 elevar i fem studieretningar året før). I tillegg hadde skolen ni delkurselevar og 20 privatistar. Begge skolane har lagt til rette ei vertsfamilieordning for elevar som må bu borte frå foreldreheimen mens dei går på skolen. Ordninga er primært for 16- og 17-åringar. Dette er eit positivt tiltak som fører til mindre fråvær og mindre fråfall. Skolane dekkjer ei godtgjering til vertsfamiliane, medan elevane sjølve betaler for hybel og kost. Alle elevane som søkte, fekk tilbod om plass ved den skolen dei ønskte.
Dei samiske vidaregåande skolane i Karasjok og Kautokeino er for samiske elevar frå heile landet. For å sikre eit godt butilbod for tilreisande elevar må ordninga med vertsfamiliar halde fram. For elevar som vel å ta vidaregåande opplæring i heimefylket, må skolane vidareutvikle tilbod til heimeskolen/heimefylket om fjernundervisning i samisk. Skolane må samarbeide om Kunnskapsløftet med nye læreplanar, og om kompetanseutvikling for lærarane. Dei kan òg nytte tilboda som Finnmark fylkeskommune legg til rette i fylket. Skolane skal framleis utvikle og tilby vaksenopplæringskurs og relevante kurs for næringslivet.
Framtidig forvaltningsansvar for dei to statlege samiske vidaregåande skolane vart i 2002 utgreidd av Kvalvikutvalet, som foreslo at ansvaret burde leggjast til Sametinget. På grunnlag av høringsfråsegner og nye kontaktar med partane nedsette departementet i 2006 ei arbeidsgruppe med representantar frå Sametinget, Utdanningsdirektoratet og departementet til å vurdere saka. Gruppa tilrår at det blir ført forhandlingar om overføring av skolane til fylkeskommunen. Rapporten frå arbeidsgruppa er send Sametinget til uttale. Vidare arbeid vil skje i samråd med Sametinget, og departementet vil komme tilbake til saka overfor Stortinget.
Vea – Statens fagskole for gartnarar og blomsterdekoratørar
Skolen hadde i 2006 29 elevar frå ni fylke på heiltidstilbod for blomsterdekoratørar og 14 som tok komprimert kurs. Det var elleve deltakarar på den modulbaserte gartnarutdanninga. I tillegg kjem deltakarar på ulike korte kurs. Fleire elevar har vidaregåande opplæring før dei tek utdanning på Vea. Skolen har mange vaksne elevar. I samsvar med omstillingsprosjektet frå 2002 er den vidaregåande opplæringa redusert noko i dei siste åra.
NOKUT godkjende våren 2006 fagskoleutdanning i Botanisk design og Grøn fagskole. Våren 2007 vart fagskoleutdanninga Park- og hagedrift godkjend. I skoleåret 2006–07 hadde skolen 22 fagskolestudentar. Kompetanseutviklingsprogrammet for personalet heldt fram, og skolen hadde framleis ei aktiv rolle i internasjonalt samarbeidsprogram for blomsterdekoratørutdanning, mellom anna vart skolen vald som hovudsenter for eit internasjonalt nettverk for skolar i ei rekkje land. Frå 1. juni 2007 vart namnet på skolen endra til Vea – Statens fagskole for gartnarar og blomsterdekoratørar.
Fagskoletilboda skal vidareutviklast, og det skal leggjast til rette fleksible studietilbod for å nå ulike målgrupper som ønskjer fagskoleutdanning. Elevar som er i gang med vidaregåande opplæring, skal få fullføre ho ved Vea, dersom det er elevgrunnlag. Skolen skal framleis gi vidaregåande tilbod for elevar frå ulike fylke når fylkeskommunen betaler for det, jf. kap. 3222 post 61.
Kompetanseutviklingsprogrammet for dei tilsette, som starta hausten 2005 med sikte på omlegginga til fagskoleutdanninga, skal halde fram. Det same gjeld det faglege samarbeidet med andre relevante fagmiljø og det internasjonale arbeidet.
Budsjettforslag for 2008
Departementet foreslår å auke løyvinga på post 01 som følgje av auka timetall i barneskolen, frukt og grønt og innføring av gratis læremiddel i Vg3. Løyvinga på kap. 222 post 01 kan overskridast mot tilsvarande meirinntekter på kap. 3222 postane 02 og 61, jf. forslag til vedtak II nr. 1. Løyvinga på post 45 kan overførast.
Kap. 3222 Statlege grunn- og vidaregåande skolar og grunnskoleinternat
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2006 | Saldert budsjett 2007 | Forslag 2008 |
02 | Salsinntekter o.a. | 7 161 | 5 116 | 5 336 |
15 | Refusjon for arbeidsmarknadstiltak | 195 | ||
16 | Refusjon av fødselspengar/adopsjonspengar | 641 | ||
17 | Refusjon lærlingar | 4 | ||
18 | Refusjon av sjukepengar | 3 231 | ||
61 | Refusjon frå fylkeskommunar | 2 534 | 1 377 | 1 435 |
Sum kap. 3222 | 13 766 | 6 493 | 6 771 |
Post 02 gjeld inntekter frå mellom anna kurs og vaksenopplæring, sal frå kantine og hybelutleige, og betaling frå heimeskolane for fjernundervisning. Post 61 gjeld betaling frå fylkeskommunar for kjøp av opplæringsplassar ved Vea – Statens fagskole for gartnarar og blomsterdekoratørar.
Kap. 223 Samisk utdanningsadministrasjon
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2006 | Saldert budsjett 2007 | Forslag 2008 |
50 | Tilskott til Sametinget | 31 887 | ||
Sum kap. 223 | 31 887 |
Tal for rekneskap og saldert budsjett er å finne under kap. 206.
Kapitlet omfattar:
tilskott til drift av Sametingets avdeling for opplæring, språk og kulturproduksjon og utvikling av læremiddel for samiske elevar, medrekna spesialpedagogiske læremiddel
læreplanarbeid og -utvikling
råd og rettleiing til lærarar som gir opplæring til samiske elevar i barnehage, grunnskole og vidaregåande opplæring
Utvikling av læreplanar etter Kunnskapsløftet har vore ei hovudoppgåve. Samisk innhald i nasjonale læreplanar etter Kunnskapsløftet er fastsett av Sametinget i dialog med Utdanningsdirektoratet. Gjennom samarbeid med skoleeigar og skolestyresmakter har Sametinget arbeidd for at informasjon om retten til samisk opplæring i høve til opplæringslova når fram til brukarane.
Arbeidet med Kunnskapsløftet – Samisk har vore svært omfattande. Dette er den største reforma innanfor opplæring som Sametinget har utvikla i samarbeid med Utdanningsdirektoratet og Kunnskapsdepartementet. Utvikling og drøfting av Sametingets rolle og ansvar i skolereforma har vore utfordrande for Sametinget og sentrale styresmakter. Arbeidet har i stor grad vore konsentrert om høringsforslag og endeleg fastsetjing av ulike delar av læreplanverket. Generell del av læreplanverket utdjupar det verdigrunnlaget og menneskesynet som skal liggje til grunn for opplæringa. Den generelle delen frå L97/L97S er vidareført i Kunnskapsløftet og i Kunnskapsløftet – Samisk.
Sametinget har, som ein del av Læreplanverket for Kunnskapsløftet – Samisk, vedtatt Prinsipp og rammer for opplæringa i samisk skole og lærebedrift. Prinsippa tydeleggjer det ansvaret skoleeigar har for heilskapleg opplæring i samsvar med regelverket, og dei er tilpassa lokale og individuelle føresetnader og behov. Ein eigen samisk læringsplakat inngår i prinsippa og er ei oppsummering av dei grunnleggjande pliktene til den enkelte skolen og lærestaden. Læringsplakaten slår mellom anna fast følgjande:
«Den samiske skolen og lærebedrifta skal leggje til rette for at elevane/lærlingane får ei kvalitetsmessig god opplæring med basis i samisk språk, kultur og samfunnsliv.»
Sametinget har initiert ei ekstern evaluering av tilskotet til samiske læremiddel og strategiplanen for samiske læremiddel. Evalueringa syner at tilskotsordninga ikkje har fungert tilfredsstillande. Departementet vil følgje opp evalueringa.
Departementet legg vekt på god kommunikasjon med Sametinget i saker som gjeld opplæring generelt og opplæring i høve til det samiske folket spesielt. Sametinget har ansvar for å ta i vare alle dei tre samiske språka og har rådgivingsoppgåver overfor kommunar og fylkeskommunar om samisk opplæring. Sametinget har eit særskilt ansvar for å følgje opp grunnopplæringa i kommunar som blir innlemma i forvaltningsområdet for samisk språk. Departementet føreset at Sametinget i 2008 tek del i arbeidet med vidareutvikling av opplæringa på det samiske området, mellom anna gjennom oppfølging av Kunnskapsløftet og ved informasjon, rettleiing, kompetanseutvikling, utvikling av samiske læremiddel og anna utviklingsarbeid. Departementet ventar at Sametinget tek del i arbeidet med å få til eit fastare driftsopplegg for fjernundervisning i dei samiske språka og i arbeidet med endra forvaltningsordning for dei statlege samiske skolane, jf. kap. 222.
Departementet foreslår at løyvinga under kapitlet blir ført vidare på same nivå som i 2007.
Kap. 225 Tiltak i grunnopplæringa
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2006 | Saldert budsjett 2007 | Forslag 2008 |
01 | Driftsutgifter | 124 386 | 119 596 | 122 738 |
60 | Tilskott til landslinjer | 144 841 | 150 055 | 156 405 |
63 | Tilskott til samisk i grunnopplæringa , kan overførast | 43 060 | 47 775 | 51 196 |
64 | Tilskott til opplæring av barn og unge i statlege asylmottak | 850 541 | 66 905 | 60 867 |
65 | Tilskott til opplæring for språklege minoritetar i vidaregåande opplæring | 28 839 | 29 880 | 31 135 |
66 | Tilskott til leirskoleopplæring | 30 797 | 35 782 | 37 285 |
67 | Tilskott til opplæring i finsk | 8 726 | 9 507 | 10 566 |
68 | Tilskott til opplæring i kriminalomsorga | 142 349 | 160 860 | 175 611 |
69 | Kompensasjon for investeringskostnader ved grunnskolereforma | 326 080 | 344 287 | 324 032 |
70 | Tilskott til bedrifter som tek inn lærlingar med særskilde behov | 6 117 | 7 988 | 8 331 |
71 | Tilskott til utvikling av musikk- og kulturskolane | 8 070 | 8 377 | 8 737 |
72 | Tilskott til internasjonale utdanningsprogram | 47 878 | 4 260 | 3 810 |
73 | Tilskott til studieopphald i utlandet | 8 101 | 8 398 | 8 759 |
74 | Tilskott til organisasjonar | 10 556 | 9 296 | 10 946 |
75 | Stiftelsen Arkivet | 2 961 | ||
Sum kap. 225 | 1 783 302 | 1 002 966 | 1 010 418 |
Post 01 Driftsutgifter
Løyvinga gjeld avgangsprøva i grunnskolen, sentralt gitt skriftleg eksamen i vidaregåande opplæring og den sentralt gitte delen av fag- og sveineprøva innanfor yrkesfaga.
Rapport for 2006–07
Løyvinga dekte arbeid knytt til utarbeiding og gjennomføring av alle sentralt gitte avgangsprøver i grunnskolen og eksamensoppgåver i vidaregåande opplæring. Arbeidet omfatta også utarbeiding av vurderingsrettleiingar, skolering av fagnemnder, gjennomføring av førehandssensur og sentral sensur, klagehandsaming og skolering av sensorar.
Våren 2007 var om lag 67 000 elevar oppe til avgangsprøva i grunnskolen. I vidaregåande opplæring var det om lag 175 000 avlagde eksamenar. Utdanningsdirektoratet organiserte og administrerte om lag 330 fagnemnder med til saman over 800 medlemmer. Det var utarbeidd totalt 471 oppgåvesett våren 2007, og om lag 2 700 sensorar deltok i vurderingsarbeidet.
Løyvinga har også dekt utviklingsarbeid knytt til eksamen i Kunnskapsløftet. Eksamen i engelsk for Vg1 på studieførebuande utdanningsprogram var den første eksamenen i Kunnskapsløftet, og han vart gjennomført våren 2007. I tillegg har direktoratet laga eksempeloppgåver som skolane har kunna nytte, til dømes til heildagsprøver.
Delar av løyvinga har vore nytta til anna utviklingsarbeid på vurderingsfeltet, mellom anna forsøk med digital eksamen.
Mål for 2008
Utdanningsdirektoratet skal sørgje for utarbeiding og gjennomføring av eksamen i grunnskolen våren 2008 etter læreplanane i Kunnskapsløftet, sentralt gitt skriftleg eksamen i vidaregåande opplæring både etter læreplanar i Reform 94 og Kunnskapsløftet samt den sentralt gitte delen av fag- og sveineprøva innanfor yrkesfaga. Det skal også gjennomførast andre oppgåver knytte til eksamen, mellom anna sentral sensur, klagehandsaming og skolering av sensorar, i regi av fylkesmannen.
Utdanningsdirektoratet skal utarbeide eksempeloppgåver for eksamen i Kunnskapsløftet som skal gjennomførast våren 2008, slik at elevar og lærarar kan gjere seg kjende med dei eksamensformene som vil bli gjennomførte i Kunnskapsløftet. Direktoratet skal også utarbeide vurderingsrettleiingar og gjennomføre skolering av prøvenemndene.
Budsjettforslag for 2008
Departementet foreslår at løyvinga blir ført vidare på same nivå som i 2007.
Departementet foreslår å føre vidare prøveavgifta for privatistar som melder seg opp til eksamen, og kandidatar som melder seg opp til fag- og/eller sveineprøve etter opplæringslova §3-5 på same nivå som i 2007, jf. forslag til vedtak IV nr. 1.
Post 60 Landslinjer
Målet med tilskottsordninga er å medverke til å gi elevar frå heile landet eit nasjonalt tilbod i små og/eller kostbare kurs i vidaregåande opplæring.
Regjeringa ønskjer å sikre landslinjene stabil og langsiktig statleg finansiering.
I skoleåret 2006–07 var kapasiteten 1 340 heilårselevplassar, og våren 2007 var det 1 175 elevar ved landslinjene. Av desse kom 636 elevar frå vertsfylkeskommunen og 539 elevar frå andre fylkeskommunar.
Kapasitetsutnyttinga samla for alle landslinjene var på om lag 88 pst.
Departementet foreslår at løyvinga blir ført vidare på same nivå som i 2007.
Post 62 Tilskott til digitale læremiddel i vidaregåande opplæring, kan overførast
I samband med revidert nasjonalbudsjett 2006 vart det løyvd 50 mill. kroner til utvikling og innkjøp av digitale læremiddel i vidaregåande opplæring, jf. Innst. S. nr. 205 (2005–2006) og St.prp. nr. 66 (2005–2006). Departementet har i 2007 tildelt midlar til tre prosjekt etter ei utlysing til fylkeskommunane. Midlane vart tildelte til Oslo kommune (realfag), Nord-Trøndelag fylkeskommune (sosial- og helsefag), og til ein fellessøknad frå 18 fylkeskommunar kalla Nasjonal digital læringsarena (norsk og naturfag). Dei digitale læremidla skal gjerast tilgjengelege gjennom utdanningsportalen Utdanning.no
Post 63 Tilskott til samisk i grunnopplæringa, kan overførast
Under denne posten er det to tilskottsordningar, ei for grunnskolen og ei for den vidaregåande opplæringa.
Grunnskolen
Målet med tilskottsordninga er å medverke til finansiering slik at det blir gitt opplæring i samisk for samiske elevar i grunnskolen i samsvar med rettane slik dei går fram av § 6-2 i opplæringslova. Tilskottet går òg til å styrkje kompetansen til lærarane i samisk. I skoleåret 2006–07 fekk om lag 2 672 elevar i grunnskolen opplæring i samisk. Dette er ein nedgang på om lag 12 pst. frå skoleåret 2005–06. Talet på studieheimlar har vore på om lag same nivå i dei siste åra.
Vidaregåande opplæring
Målet med tilskottsordninga er å medverke til finansiering slik at det blir gitt opplæring i samisk for samiske elevar/lærlingar i vidaregåande opplæring i samsvar med rettane slik dei går fram av § 6-3 i opplæringslova.
Våren 2007 fekk totalt 285 elevar/lærlingar opplæring i samisk i vidaregåande opplæring, mot 310 elevar våren 2006. Av desse fekk 283 elevar/lærlingar opplæring i fylkeskommunale skolar og to elevar/lærlingar opplæring i frittståande skolar.
Prognosen for 2008 viser at elevtalet, både i grunnskolen og i videregående opplæring, vil auke. Departementet foreslår derfor at løyvinga blir auka i 2008.
Post 64 Tilskott til opplæring av barn og unge i statlege asylmottak
I 2006 var det to tilskottsordningar under denne posten.
Særskild norskopplæring, morsmålsopplæring og/eller tospråkleg fagopplæring
Målet med tilskottsordninga har vore å medverke med finansiering av særskild norskopplæring, morsmålsopplæring og/eller tospråkleg fagopplæring i grunnskolen.
Tilskottet til særskild norskopplæring, morsmålsopplæring og tospråkleg fagopplæring for barn med anna morsmål enn norsk og samisk vart innlemma i rammetilskottet til kommunane med 842 mill. kroner i 2007, fordelte etter rekneskapstal for 2004. Rekneskapstall for 2006 er nå tilgjengelege og det vil derfor bli gjennomført ein omfordeling av midlane i tråd med desse.
Tilskott til grunnskoleopplæring av barn og unge i statlege asylmottak
Målet for tilskottsordninga er å medverke til finansiering slik at barn og unge i statlege asylmottak får grunnskoleopplæring så snart som mogleg etter at dei har komme til landet.
Talet på barn og unge i statlege asylmottak varierer mykje. Løyvinga på posten er vanskeleg å rekne ut på førehand fordi ho avheng av internasjonale tilhøve som varierer frå år til år. Det er forventa at om lag 5 500 personar treng opplæring i 2008.
Departementet foreslår at løyvinga blir redusert i 2008, dette på grunn av lågare forventa belegg på asylmottaka.
Post 65 Tilskott til opplæring for språklege minoritetar i vidaregåande opplæring
Målet med tilskottsordninga er å medverke til at det blir gitt ekstra språkopplæring for elevar og lærlingar med språkleg minoritetsbakgrunn i vidaregåande opplæring.
Våren 2007 vart det utbetalt tilskott for 6 171 minoritetsspråklege elevar og lærlingar, mot 6 535 våren 2006.
Departementet foreslår at løyvinga blir ført vidare på same nivå som i 2007.
Post 66 Tilskott til leirskoleopplæring
Målet med tilskottsordninga er å stimulere kommunane til å gi alle elevar eit leirskoleopphald i løpet av skoletida.
Tal frå Grunnskolens informasjonssystem (GSI) per 1. oktober 2006 viste at 64 969 elevar planla å reise på leirskole i skoleåret 2006–07. Dette utgjer om lag 10 pst. av alle elevar i grunnskolen, noko som skulle tyde på at dei aller fleste elevane i grunnskolen får tilbod om leirskoleopphald i løpet av grunnskolen.
Det vart i 2006 gjennomført ei evaluering av ordninga for skoleåret 2005–06. Evalueringa viser at 9,5 pst. av elevane reiste på leirskole, og at gjennomsnittslengda på leirskoleopphalda var fire overnattingar. Om lag 70 pst. av kostnadene blir dekte av rammeoverføringa til kommunane og av kommunane sjølve, 21 pst. blir dekte av det øyremerkte tilskottet og om lag 9 pst. blir dekte av gåver, dugnad osb. Evalueringa syner vidare at i overkant av 90 pst. av gruppene reiste på såkalla bemanna leirskolar, resten på ekskursjonar og turar av anna slag.
Det vart òg undersøkt korleis elevane og lærarane opplevde leirskoleopphalda. 4 pst. meinte opphaldet var for langt, 44 pst. at det var passe langt, og 52 pst. at det var for kort. Når det gjeld innhaldet i opplæringa, meinte 18 pst. at det var for omfattande, 78 pst. at det var passe, og 4 pst. at det var for lite. Det inntrykket elevane hadde av opphaldet fordelte seg slik: 82 pst. hadde eit godt inntrykk, 16 pst. eit middels godt inntrykk og 2 pst. eit dårleg inntrykk.
Lærarane vurderte det faglege læringsutbyttet for elevane slik: større forståing for miljøansvaret og samspillet med naturen, naturopplevingar, verdsetjing av naturen, betre kunnskapar om førstehjelp, forståing for at ein må kle seg etter forholda, fysisk aktivitet, lokalhistorisk kunnskap, forståing for at ein bør ta omsyn til andre, verdien av samarbeid, ta ansvar, meistring og samspel med andre.
Departementet foreslår at løyvinga blir ført videre på same nivå som i 2007.
Post 67 Tilskott til opplæring i finsk
Under denne posten er det to tilskottsordningar, ei for grunnskolen og ei for den vidaregåande opplæringa.
Målet med tilskottet til grunnopplæringa er å medverke til finansiering slik at det blir gitt opplæring i finsk i samsvar med dei rettane som går fram av § 2-7 i opplæringslova. Tilskottet skal også medverke til å styrkje kompetansen til lærarane i finsk. I skoleåret 2006–07 fekk 894 elevar i grunnskolen opplæring i finsk, ein nedgang på om lag 10 pst. i høve til skoleåret 2005–06.
Målet med tilskottet til vidaregåande opplæring er å medverke til finansiering slik at det blir gitt opplæring i finsk i vidaregåande opplæring for elevar og lærlingar med finsk bakgrunn. Våren 2007 fekk 24 elevar og lærlingar opplæring i finsk. Talet for 2006 var 26.
Prognosen for 2008 viser at elevtalet, både i grunnskolen og i videregående opplæring, vil auke. Departementet foreslår derfor at løyvinga blir auka i 2008.
Post 68 Tilskott til opplæring i kriminalomsorga
Målet med tilskottsordninga er å medverke til finansiering slik at det blir gitt opplæring på grunnskolenivå til innsette eller frisette som ikkje har fullført grunnskolen, og vidaregåande opplæring til innsette eller frisette som har rett til og ønskjer det.
Fordi mange har kort soningstid, eller sit i varetekt, er ofte formalkompetansegivande kurs i høve til læreplanar ikkje eit reelt tilbod. For å motivere flest mogleg til å ta opplæring, og for at slike fangegrupper skal ha eit opplæringstilbod, er det også ei målsetjing at det blir gitt kurs som ikkje er formelt kompetansegivande.
Frå 2005 til 2006 har talet på opplæringsplassar auka frå 964 til 1 068. Dette har samanheng med at det har vorte etablert opplæring i fire fengsel, og at soningskapasiteten har vorte utvida ved fleire fengsel og dermed har gitt ein auke i talet på elevplassar. Det blir gitt opplæring i 36 av 52 anstaltar i Noreg, og det er etablert oppfølgingsklassar ti stader i landet. Om lag 4 800 personar (4 356 i fengsel og 445 i oppfølgingsklassar) tok del i ei eller anna form for opplæring i løpet av 2006. Hovudtyngda av elevane (68 pst.) var i alderen 23–40 år. Fleire enn før tok ei eller anna form for eksamen, 688 i 2006 mot 644 i 2005. Det var også ein auke i talet på elevar som tok ikkje-kompetansegivande kurs, frå 1 344 i 2005 til 1 548 i 2006. Det var også ein auke i talet på personar som tok fagprøve.
Utdanningsdirektoratet og Fylkesmannen i Hordaland la i 2006 fram ein plan for oppfølging av St.meld. nr. 27 (2004–2005) Om opplæringen innenfor kriminalomsorgen. Enda en vår.Det blir sett i gang fleire prosjekt for å utvikle og forbetre opplæringa. Etter oppdrag frå Fylkesmannen i Hordaland har Vox ansvaret for eit nasjonalt prosjekt om realkompetansevurdering.
Digital kompetanse er ein av dei fem basisdugleikane i dei nye læreplanane, og det er viktig å få til ei fullgod opplæring på dette området i kriminalomsorga. Fylkesmannen i Hordaland vil derfor i samarbeid med andre aktørar setje i gang eit prosjekt om fjernundervisning / nettstøtta læring. Det omfattande Grundtvig 1-prosjektet, der målsetjinga er å utprøve ulike sider av IKT i europeisk fengselsundervisning, blir avslutta i 2007.
Nasjonalt senter for fleirkulturell opplæring er i gang med eit prosjekt som går på tiltak for å betre norskopplæringa for språklege minoritetar i norske fengsel. Universitetet i Bergen har gjennomført fleire undersøkingar om utdanningsbakgrunn, utdanningsbehov, utdanningsønske og motiv for utdanning hos dei innsette. Undersøkingane viser mellom anna at dess yngre dei innsette er, dess dårlegare utdanningsbakgrunn har dei. Mellom anna har 84 pst. av dei innsette i alderen 18–25 år ikkje fullført vidaregåande opplæring.
Departementet viser til oppmodingsvedtak nr. 402 (2004–2005) i samband med handsaminga av St.meld. nr. 27 (2004–2005), jf. Innst. S. nr. 196 (2004–2005):
«Stortinget ber Regjeringen legge frem sak om statlig finansiering av opplæring innenfor kriminalomsorgen.»
Frå 2005 til 2007 har budsjettet for opplæring innanfor kriminalomsorga auka frå 107,3 mill. kroner til 160,9 mill kroner. Styrkinga av budsjettet har ført til at det er starta opplæringstilbod ved 15 nye fengsel i denne perioden, og fleire fengsel har utvida skoletilbodet som følgje av auka soningskapasitet i dei seinare åra.
I samband med at Regjeringa foreslår å opprette 77 nye fengselsplassar, og i samband med at det blir sett i gang opplæring ved tre anstaltar som ikkje har slik opplæring frå før, foreslår departementet at løyvinga blir auka med 7,4 mill. kroner i 2008
Post 69 Kompensasjon for investeringskostnader ved grunnskolereforma
Tilskottet skal kompensere for meirutgifter kommunane hadde til investeringar i skolebygg i samband med skolestart for seksåringane. Den samla investeringsramma er fastsett til 5 182,9 mill. kroner.
Investeringskompensasjonen er basert på den effektive renta på 9 månaders statskassevekslar per 1. juli kvart år tillagd ein margin på 0,5 prosentpoeng.
Departementet foreslår at løyvinga blir redusert i 2008 sammenlignet med saldert budsjett 2007, dette fordi delen lån som gjeld investeringar i inventar, er nedbetalt ved utgangen av 2007.
Post 70 Tilskott til bedrifter som tek inn lærlingar med særskilde behov
Tilskottsordninga skal stimulere lærebedrifter til å ta inn lærlingar med behov for særskilt tilrettelagd opplæring. Hensikta er å medverke til å styrkje dei moglegheitene ungdom med særskilt behov for tilrettelagd opplæring har til å ta fagutdanning eller delar av ei fagutdanning som lærling i ei bedrift, og dermed auke sjansane deira til å få arbeid i det ordinære arbeidslivet. I Innst. S. nr. 230 (2006–2007) er tilskottsordninga utvida til òg å gjelde lærekandidatar og kandidatar som er omfatta av forsøksordninga med praksisbrev.
I 2006 vart det gitt tilskott til 108 lærlingar fordelte på 18 fylke.
Det vart i 2007 gjennomført evaluering av ordninga. I høve til undersøkingar i åra 2002 til 2006 oppnår om lag 60–80 pst. av lærlingane fagbrev. Statistikk frå same periode viser at om lag 50 ulike fagretningar har motteke tilskottet i dei siste tre åra. Det tyder på at ordninga er spreidd på mange fagretningar og bransjar.
Bedrifter som vart kontakta, understrekar at dei merka stor framgang i korleis lærlingen meistra arbeidsoppgåvene, etter at det vart sett i verk særskild tilrettelegging. Alle bedriftene svara positivt på spørsmål om dei kunne tenkje seg å gjere seg nytte av ordninga, sjølv om ikkje alle kostnadene vert dekte.
Svar frå tidligare lærlingar tyder på at størstedelen av dei som oppnådde fagbrev, er i jobb som handverkar fleire år etterpå. Evalueringa viser at det er lite behov for ekstra oppfølging av desse lærlingane etter at dei er i ordinært arbeid.
Departementet foreslår at løyvinga blir ført vidare på same nivå som i 2007.
Post 71 Tilskott til utvikling av musikk- og kulturskolane
Målet med tilskottsordninga er å medverke til å utvikle musikk- og kulturskoletilbodet i kommunane ved å stimulere til aktivitet og utvikling av gode modellar for innhald, organisering og samarbeid lokalt.
I 2006 vart det gitt tilskott til store regionale nettverksprosjekt som Kreativt oppvekstmiljø (KOM!) og Kulturskolefokus. Midlane har òg gått til andre prosjekt, mellom anna fagkoordinatorar innanfor kunstfaga, kulturskoledagane 2006, IKT-utviklings- og informasjonsarbeid, Norsk kulturskoleorkester, Ungdommens musikkmeisterskap og lokale utviklingsprosjekt.
Det vart i 2006 gjennomført evaluering av tilskottsordninga. Resultatet av evalueringa tyder på at tilskottsordninga fører til økt aktivitet rundt om i kommunane.
Departementet foreslår at løyvinga blir ført vidare på same nivå som i 2007.
Post 72 Tilskott til internasjonale utdanningsprogram
Gjennom EØS-avtalen deltek Noreg i alle EU-programma på området utdanning og opplæring. Midlane på denne posten har til og med 2006 dekt deltaking i utdanningsprogrammet Leonardo da Vinci, Noregs medverknad til Europass, Cedefop og Det europeiske ungdomsparlamentet, og lønn til nasjonale ekspertar.
Hovudformålet for samarbeidsaktivitetane er å utvikle kvaliteten, den interkulturelle dialogen og den europeiske dimensjonen i utdanningssystema i deltakarlanda. Tilskottsposten dekkjer i 2007 midlar til Cedefop-samarbeidet, inkludert ReferNet og studiebesøksprogrammet samt Det europeiske ungdomsparlamentet.
Den norske deltakinga i Leonardo da Vinci-programmet stimulerer til internasjonal aktivitet mellom eit breitt spekter av yrkesopplæringsmiljø, og til forsterka kjennskap til framandspråk. I 2006 fekk fem større pilotprosjekt med norsk koordinator tilsegn om 14,5 mill. kroner i støtte under Leonardo da Vinci-programmet. Noreg tok òg del i prosjekta til andre land. I 2006 fekk 88 mobilitetsprosjekt tilsegn om over 13 mill. kroner frå Leonardo da Vinci-programmet. I skoleåret 2005–06 vart det meldt om 722 personar som reiste ut gjennom mobilitetsprosjekta. I skoleåret 2006–07 var talet 791 personar. Leonardo da Vinci-programmet er frå og med januar 2007 ein integrert del av det nye EU-programmet for livslang læring. Administreringa av Leonardo da Vinci vart flytta til Senter for internasjonalisering av høgre utdanning (SIU) i januar 2007, jf. kap. 281 post 51.
Det nye Europasset vart lansert november 2005, og ansvaret vart lagt til Utdanningsdirektoratet, medan Teknologisk Institutt fekk ansvaret for ein av dei fem delane, Europass mobilitet. I 2006–07 vart det delt ut 519 nye Europass mobilitetsdokument. Av desse er 87 pst. knytte til eit Leonardo da Vinci-opphald. 1. januar 2007 tok SIU, jf. kap. 281 post 51, over ansvaret for Europass, inkludert Europass mobilitet.
Administrering av studiebesøksprogrammet til Cedefop blir overført til SIU og kap. 281 post 51. Deler av arbeidet med det nye ReferNet er overført er overført Utdanningsdirektoratet og kap. 220 post 01. Departementet foreslår følgjeleg at løyvinga blir redusert med kr 450 000 i 2008. Tilskottet skal i 2008 dekkje utgifter til Cedefop-samarbeidet og Det europeiske ungdomsparlamentet.
Post 73 Tilskott til studieopphald i utlandet
Målet med tilskottsordninga er å leggje til rette for at norsk ungdom kan få skolegang og studieopphald i utlandet. Dette skal gi dei betre kunnskap om kultur og språk i andre land, og auka forståing for deira eigen og andres identitet. I tillegg skal ordninga gi norske fransklærarar høve til fagleg og kulturell oppdatering.
Franske lycé
Det er høve til å ta treårig vidaregåande utdanning (lycé) og fransk baccalauréat i Rouen, Bayeux og Lyon. I tillegg er det mogleg å ta eittårig utdanning tilsvarande Vg1 utdanningsprogram for studiespesialisering og toårig utdanning innanfor faga kokk, servitør og akvakultur. Hausten 2006 gjekk det 41 jenter og 21 gutar på dei treårige franske lycéa. Det kom inn 50 nye søknader for hausten 2006, og 14 jenter og åtte gutar fekk plass. Noreg har kvart år moglegheit til å sende 22 elevar til dei tre skolane.
Tyske stipend
Kvart år tilbyr tyske myndigheiter ein del stipend til å delta på kurs i Tyskland. I 2006 vart det gitt tyske stipend til elleve jenter og seks gutar.
United World Colleges (UWC)
Norske ungdommar kan få plass ved ein av ti skolar der utdanninga tilsvarar dei to siste åra på vidaregåande skole. Elevane får Internasjonal Baccalaureat (IB) etter ferdig skolegang. Hausten 2006 gjekk 53 jenter og 21 gutar på UWC fordelte på to årskull. Det kom inn 70 nye søknader for hausten 2006, og 27 jenter og elleve gutar fekk plass. Noreg hadde i 2006 moglegheit til å sende 38 elevar til desse skolane.
Trollstipend
Stipenda skal brukast til studieopphald i Frankrike og skal gå til norske fransklærarar, elevar i grunnskolen og elevar i den vidaregåande skolen. I 2006 vart individuelle Trollstipend gitt til 30 lærarar, og 484 elevar frå grunnskolen og vidaregåande skolar reiste saman med 56 lærarar på studietur med støtte frå Trollmidlar.
Departementet foreslår at løyvinga på posten blir ført videre på same nivå som i 2007.
Post 74 Tilskott til organisasjonar
Målet med tilskottsordninga er å stimulere offentlege og frivillige organisasjonar til å setje i verk tiltak som på ulike måtar medverkar til kvalitetsutvikling og betre læringsmiljø i grunnopplæringa.
Hittil i 2007 er det gitt tilskott til Norsk Kulturskoleråd, Det norske Hageselskap, Landslaget for nærmiljøskolen, Noregs Mållag, Rådet for folkemusikk og folkedans, Kristent pedagogisk forbund, Dissimilis kultur- og kompetansesenter, Norsk Handverksutvikling, International Baccalaureate Organization, Elevorganisasjonen, Landslaget for Norskundervisning og Friluftsrådets Landsforbund.
Midlane til Foreningen Norden blir overførde frå kap. 288 post 21 til denne posten. Løyvinga er derfor auka i 2008.
Post 75 Stiftelsen Arkivet
Ordninga vart i 2007 overført til kap. 255 Tilskott til freds- og menneskerettssenter. For nærmare omtale, sjå kap. 255 post 72.
Kap. 3225 Tiltak i grunnopplæringa
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2006 | Saldert budsjett 2007 | Forslag 2008 |
04 | Refusjon av ODA-godkjende utgifter | 19 000 | 24 120 | 20 690 |
Sum kap. 3225 | 19 000 | 24 120 | 20 690 |
Visse innanlandske utgifter til flyktningar kan i høve til statistikkdirektiva til OECD bli definerte som offentleg utviklingshjelp. Ein del av løyvinga på kap. 225 post 64 blir rapportert som utviklingshjelp. Tilsvarande beløp blir foreslått løyvd på kap. 3225 post 04.
Kap. 226 Kvalitetsutvikling i grunnopplæringa
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2006 | Saldert budsjett 2007 | Forslag 2008 |
21 | Særskilde driftsutgifter , kan overførast, kan nyttast under post 70 | 937 158 | 983 109 | 1 014 658 |
70 | IKT-tiltak , kan nyttast under post 21 | 3 210 | 3 332 | 3 475 |
Sum kap. 226 | 940 368 | 986 441 | 1 018 133 |
Utvikling av læreplanar til Kunnskapsløftet
Rapport for 2006-07
Nye læreplanar for fag vart tekne i bruk av 1.–9. trinn i grunnskolen og 1. trinn i vidaregåande opplæring ved skolestart i hausten 2006. Frå hausten 2007 har alle trinna i grunnskolen og dei to første trinna i vidaregåande opplæring nye læreplanar etter Kunnskapsløftet.
Mellombels utgåve av Læreplanverket for Kunnskapsløftet vart send ut til skolane ved skolestart i august 2006. Endeleg utgåve vil vere klar når nye reglar om elev- og lærlingvurdering er klare. Læreplanverket omfattar generell del, Prinsipp for opplæringa, læreplanar for fag og fag- og timefordeling. Fag- og timefordelinga beskriv også tilbodsstrukturen i vidaregåande opplæring (F-12/2006 N). Læreplandatabasen Grepskal innehalde det komplette læreplanverket, og vil bli supplert i takt med at nye læreplanar blir fastsette.
Det er utvikla eit eige Læreplanverk for Kunnskapsløftet – Samisk. Læreplanar på samisk for vidaregåande opplæring vart fastsette sommaren 2007.
Læreplanen i elevrådsarbeid vart fastsett hausten 2006. Nye læreplanar i grunnleggjande norsk for språklege minoritetar og morsmål for språklege minoritetar vart fastsette våren 2007.
Mål for 2008
I 2008 skal dei siste læreplanane i Kunnskapsløftet fastsetjast. Nye læreplanar for fag i yrkesfaglege utdanningsprogram skal fastsetjast og takast i bruk på Vg3 hausten 2008. Når desse læreplanane er fastsette, er heile læreplanverket under Kunnskapsløftet utvikla, og læreplanarbeidet går inn i ei ny fase, der hovudoppgåva blir å følgje iverksetjinga av Kunnskapsløftet.
Databasen Grep skal vidareutviklast som hjelpemiddel for å lette arbeidet med å ta i bruk dei nye læreplanane. Databasen skal innehalde alle læreplanar og knytast til læringsressursar i dei enkelte faga. Digitale læremiddel som er utvikla gjennom løyvinga frå staten til fylkeskommunane, skal vere tilgjengelege gjennom Grep.
Departementet vil følgje innføringa av dei nye læreplanane og vurdere tiltak der ein ser at innføringa ikkje er etter intensjonane med læreplanane.
Forslag til endra fag- og timefordeling som følgje av at timetalet på 1.–4. trinn blir foreslått auka med fem uketimar frå hausten 2008, vil bli sendt på høyring.
Dokumentasjon og analyse som grunnlag for kvalitetsutvikling
Rapport for 2006–07
Prioriteringane i strategien Kunnskap for utvikling – Strategi for forsking, dokumentasjon og analyse 2005–2008 er følgde opp i 2007. Det er gjennomført forskingsbaserte evalueringar av Kunnskapsløftet, kompetanseutviklingsstrategien, det nasjonale kvalitetsvurderingssystemet og dei nasjonale strategiane, som til dømes Gi rom for lesing! og Realfag, naturligvis. Arbeidet med å systematisere og formidle kunnskapen på ein god måte til dei ulike nivåa i utdanningssystemet held fram. Den forskingsbaserte evalueringa av Kunnskapsløftet vil halde fram (2007–11). Evalueringa skal undersøkje og dokumentere i kva grad utfordringane for grunnopplæringa og intensjonane med reforma blir følgde opp og gir dei ønskte resultata.
Det er gjennomført obligatorisk kartlegging av lesedugleik for 2. klassetrinn, og alle skolar som ønskte det, fekk ta i bruk prøver i rekning på same trinn. Nye kartleggingsprøver i lesing og i rekning/talforståing som er tilpassa dei nye læreplanane, er testa ut og skal brukast av alle på 2. trinn frå skoleåret 2007–08. Nasjonale prøver i rekning, og lesing på norsk og engelsk er gjennomførde på 5. og 8. trinn i grunnopplæringa. Eit nytt elektronisk prøveadministrasjonssystem for registreringa av resultata frå prøvene er utvikla. I samband med gjennomføringa av dei nasjonale prøvene hausten 2007 er det òg utvikla og distribuert informasjons- og rettleiingsmateriell om prøvene.
Utdanningsdirektoratet har fått i oppdrag å prøve ut og utvikle felles kjenneteikn for måloppnåing i fag. Utprøvingane starta hausten 2007 og omfattar både barnetrinnet, ungdomstrinnet og vidaregåande opplæring. I samband med utprøvinga skal det òg utviklast ulike verktøy for vurdering og rettleiingsmateriell for skolane. Utprøvinga skal organiserast med følgjeevaluering for å sikre dokumentert kunnskap og eit godt grunnlag for avgjerder på nasjonalt nivå. Nye ordningar og nye verktøy for vurdering skal gradvis kunne takast i bruk av skolane frå og med skoleåret 2009– 2010.
Elevundersøkinga, Lærarundersøkinga og Foreldreundersøkinga vart reviderte i samband med innføringa av Kunnskapsløftet. Samstundes vart bestillingsportalen og rapportportalen for brukarundersøkingane forbetra. Revidering av Lærling- og instruktørundersøkinga vart påbyrja.
Vidare utvikling av Skoleporten som nettbasert verktøy for kvalitetsvurdering er i gang, og det nye verktøyet vil bli lansert i desember 2007. Skoleporten vil få ein open og ein pålogga del og skal gi informasjon om mellom anna resultat frå nasjonale prøver, elevundersøkinga og karakterstatistikk. På den pålogga delen vil skoleeigar og skolane få informasjon om resultata frå den enkelte skolen. I 2007 vart IKT-modulen i utdanningsforskingsprogrammet Kunnskap, utdanning og læring ført vidare på same nivå som før.
For å vidareføre arbeidet med å styrkje kunnskapsgrunnlaget om IKT og læring er det utvikla ein plan for kunnskapsdanning og læring innanfor Program for digital kompetanse.
Den årlege rapporten Utdanningsspeilet, som Utdanningsdirektoratet publiserer, omtalar statistikk og forsking på områda ressursar, læringsutbytte, læringsmiljø, gjennomføring i vidaregåande opplæring og kvalitetsutvikling. Utdanningsspeilet blir send til alle skolar, skoleeigarar, universitet og høgskolar og andre interesserte.
Noregs deltaking i internasjonale komparative studiar i regi av OECD og IEA held fram. Noreg deltek i OECD-studiane PISA (Program for International Student Assessment), TALIS 2007–2008 (Teaching and Learning International Survey)og Digital Learning Resources as Systemic Innovation og i IEA-studiane PIRLS ( Progress in International Reading Study), SITES ( Second Information Technology in Education Study), TIMSS ( Trends in International Mathematics and Science Study), TIMSS Advanced, TEDS-M ( Teacher Education Study in Mathematics) og ICCES ( International Civic and Citizenship Education Study). Dei internasjonale studiane gir viktig informasjon om tilstanden når det gjeld læringsutbyttet og arbeidsmåtane til elevane.
Noreg deltek òg i OECD-prosjekta Improving School Leadership og The development of value-added models in education systems. Arbeidet i OECD-prosjektet SENDDD (The Study on Statistics and Indicators on the Educational Provision for Students with Disabilities, Learning Difficulties and Disadvantages) om likeverd i utdanninga legg vekt på innsamling av samanliknbar statistikk for dei ulike landa som deltek. Per i dag ligg statistikken ikkje til rette for levering av data frå Noreg, men arbeidet med utviklinga av eit godt statistikkgrunnlag for elevar med særskilde behov held fram.
Det er utvikla ein sentralbase for statistikk frå fylka: VIGO sentralbase. Opprettinga av basen skal gi betre flyt av data og datakvalitet mellom dei ulike administrative systema i fylka og på skolane. Sentralbasen er operativ, men er framleis under utvikling.
Mål for 2008
Arbeidet med dokumentasjon og analyse skal følgje prioriteringane i strategien Kunnskap for utvikling – Strategi for forsking, dokumentasjon og analyse 2005–2008.Deltakinga i internasjonale undersøkingar skal halde fram. Kunnskapen som kjem fram gjennom desse og ulike prosjekt og forsking, skal systematiserast og formidlast til dei ulika aktørane i sektoren. Dette arbeidet må trekkjast inn og sjåast i samanheng med den planlagde heilskaplege strategien for norsk utdanningsforsking. Strategien vil femne om kunnskapsproduksjon innanfor fleire fagdisiplinar og ta for seg forskings- og utviklingsarbeid som er relevant for barnehage og alle nivåa i utdanningssystemet, jf. programkategori 07.50.
Dei nasjonale prøvene som blir gjennomførde i 2007, skal evaluerast, og det vil bli vurdert om det skal lagast prøver for fleire av dei grunnleggjande dugleikane og for fleire klassetrinn.
Kvaliteten på dei obligatoriske kartleggingsprøvene i lesing og rekning på 2. trinn våren 2008 vil òg bli vurdert. Vidare skal det utviklast nye kartleggingsprøver og karakterstøttande prøver som ikkje er obligatoriske og som skal stillast gratis til disposisjon for skolane. Materialet skal medverke til å auke vurderingskompetansen til lærarane og skoleeigarane og medverke til å lette og systematisere vurderingsarbeidet.
Tenestene på den nye Skoleporten skal vidareutviklast, og det skal arbeidast for å gjere nettstaden meir brukarvennleg for hovudmålgruppa, som er skolar og skoleeigarar.
Departementet vil satse på utdanningsforsking og opprettar eit nytt forskingsprogram i Noregs forskingsråd i 2008. Departmentet vil òg vidareføre løyvinga frå programmet Kunnskap, utdanning og læring, jf. nærmare omtale i kategori 07.50. Programmet skal mellom anna leggje til rette for meir robuste fagmiljø på utdanningsfeltet.
Kompetanseutvikling og utviklingsarbeid
Rapport for 2006–07
Kompetanseutvikling av lærarar, instruktørar og skoleleiarar har vore høgt prioritert i dei siste åra. I tråd med målsetjinga i Kompetanse for utvikling – Strategi for kompetanseutvikling 2005–2008 er det løyvd til saman meir enn éin milliard kroner til kommunane frå 2005 til 2007 til reformrelatert kompetanseutvikling. Skoleleiing, tilpassa opplæring, læreplanforståing og læringsmiljø har vore sentrale tema. I tråd med intensjonen har omfanget av vidareutdanning i fag vore avgrensa, med unntak av skoleleiaropplæring, som har vore prioritert både i strategien og av eit fleirtal av skoleeigarane. Av midlane er delen til vidaregåande opplæring styrkt i 2007, slik at fylkeskommunane kan prioritere kompetanseutvikling innanfor yrkesfaga. Det er sett av særskilde midlar til vidareutdanning i framandspråk og naturfag.
Kompetanseutviklingsstrategien blir evaluert av Forskingsstiftinga Fafo. Evalueringa dokumenterer stor aktivitet lokalt, men at det framleis er ei utfordring å involvere lærarane nok i prioriteringane. I 2006 gjekk departementet i dialog med partane i strategien for å sikre betre forankring av prioriteringane hos lærarane. I informasjonsbrev til fylkesmennene for 2007 framgår det at ein føresetnad for å få midlar er at skoleeigar har sikra lokal deltaking og forankring på den enkelte lærestaden.
Skoleeigarane har auka sin del av midlane til kompetanseutvikling i perioden, men det er store lokale variasjonar mellom kommunane i bruken av midlar, frå kr 3 200 per årsverk til kr 27 450 per årsverk.
Det er i 2007 teke ut to nye demonstrasjonskulturskolar. Ordninga med demonstrasjonskulturskolar har hatt ein svært positiv effekt i kulturskolekrinsar, og i vesentleg grad medverka til inspirasjon og idear for å utvikle kulturskolane til ressurssenter for grunnskolar og lokalmiljø. Det er òg utlyst midlar til inntil seks nye demonstrasjonsskolar og inntil fire nye demonstrasjonsbedrifter for perioden 2007–09.
Tiltaket Veiledning av nyutdannede lærerehar halde fram og i 2006 vart det tildelt midlar til tiltak i alle fylka og til i alt 24 universitet og høgskolar. Førre skoleår var det samla over 800 nyutdanna lærarar som fekk rettleiing gjennom tilbodet. I 2007 er det tildelt nye midlar til tiltaket.
Kunnskapsløftet – fra ord til handling er ei oppfølging av Program for skoleutvikling (2005–2008).Utdanningsdirektoratet administrerer programmet, som vart utvida til 65 mill. kroner i 2007. Hovudsatsingane i programmet er innføring av Kunnskapsløftet, auka gjennomføring i vidaregåande opplæring, tidleg innsats for livslang læring og skolen som lærande organisasjon. Gjennom programmet er det utvikla verktøy for skolevurdering som no er godt etablerte i sektoren. Det er òg gjennomført ei rekkje samlingar regionalt for å gi informasjon og rettleiing til skolane og for å spreie erfaringar og kompetanse frå prosjekta. Deltakarane er delte inn i ein open og ein rettleidd runde. Utdanningsavdelingane hos fylkesmennene har i samarbeid med skoleeigarane rekruttert skolar til å delta i den rettleidde runden. 18 av dei 47 prosjekta som har fått støtte i 2007, deltek i den rettleidde runden.
Dei nye teknologiane kan blant anna auke interessa for å lære. Dette krev at lærarane får betre kompetanse i å nytte IKT som eit pedagogisk verktøy. I vidaregåande opplæring har det vore ein auke i elevanes bruk av IKT i alle former for læringsarbeid, til dømes individuelle oppgåver, samarbeidsoppgåver og presentasjonar. Auka bruk av IKT i læringsarbeidet set òg krav til vurderinga. Det er utarbeidd eksempeloppgåver til gjennomføring av avgangsprøva i grunnskolen, som også prøver digitale kunnskapar i norsk, engelsk og matematikk samt i sentralt gitt eksamen i Vg2 våren 2008.
Prosjektet Lærande nettverk vart etablert i 2004, og har medverka til auka fokus på IKT i deltakarskolane. Skoleåret 2006–07 har 28 nettverk teke del i Lærande nettverk.
Arbeidet med å etablere ei elektronisk identitetsforvaltning (FEIDE) i grunnopplæringa held fram etter planane. Om lag ni fylkeskommunar vil ha implementert FEIDE i løpet av 2007, medan ytterlegare fem–seks vil vere i gang med implementering. Fleire mindre kommunar er òg i gang, og det er etablert kontakt med fleire av dei større kommunane.
Utdanningsportalen Utdanning.no har prioritert arbeid med å gjere læringsressursar tilgjengelege, og har arbeidd vidare med utvikling og implementering av ein spesifikasjon for studiedata som gjer det enklare for utdanningssøkjarar å finne og velje studium.
Samordningsgruppen for nettsteder i utdanningssektoren (SANU) har i 2006–07 sett i gang prosjekt for samordning av digitale læremiddel for naturfag og matematikk og for å gjere desse meir tilgjengelege. Vidare er det lagt vekt på å fremme universell uforming av nettstader.
Det er oppretta eit nasjonalt kompetansesenter for fri programvare med støtte frå mellom anna Kunnskapsdepartementet. Senteret skal fremme utvikling og spreiing av fri programvare.
Dei nasjonale strategiane skal rette innsats mot spesielle tema i grunnopplæringa. Strategiane legg føringar for bruk av midlar og inneheld ulike tiltak retta mot sektoren.
Gi rom for lesing! – Strategi for stimulering av leselyst og lesedugleik 2003–2007 er avslutta. I gjennomføringa av strategien er det lagt vekt på å sikre lokal forankring og god samanheng med Kunnskapsløftet. Strategien er evaluert av SINTEF Teknologi og samfunn. Publikasjonen Gi rom for lesing – veien videre viser korleis kommunane, skolane og fylkesmennene har gjennomført lesetiltak, og korleis ein kan halde fram med det systematiske arbeidet med lesing etter at planen er avslutta. Publikasjonen er send til alle skolane.
Ei landsdekkjande undersøking av skolebiblioteka viser at det er behov for tiltak til å betre tilbodet til elevane. Det gjeld særleg systematisk planarbeid i kommunar og skolar og samarbeid med lærarane. Eit program for skolebibliotekutvikling er nemnt som eit av tiltaka i strategiplanen Skapende læring – strategi for kunst og kultur i opplæringa 2007–2010. Gjennom denne planen blir òg nasjonale tiltak for lesestimulering ført vidare.
Når det gjeld Et felles løft for realfagene – Strategi for styrking av realfaga 2006–2009er arbeidet i 2007 i samsvar med alle dei 57 tiltaka i tiltaksplanen. Nasjonalt forum for realfag, som er ein møteplass mellom regjeringa, utdanningssektoren og arbeidslivet, har hatt fleire møte der fokus mellom anna har vore rekruttering og rådgiving. Dei nasjonale sentra for matematikk i opplæringa og naturfag i opplæringa har medverka til å gjennomføre tiltaka. Dei nasjonale vitensentra har auka frå seks til sju. Rådgivingstenesta og bruken av digitale hjelpemiddel er intensivert med nettstader og pedagogiske verktøy. Kompetanseheving i matematikk, naturfag og teknologi og design er styrkt. Rambøll Management AS evaluerer strategien Realfag naturligvis – Strategi for styrking av realfagene 2002–2007.
Strategiplanen Likeverdig opplæring i praksis! Strategi for betre læring og større deltaking av språklege minoritetar i barnehage, skole og utdanning 2007-2009, vart revidert i februar 2007. Strategien har eit heilskapleg perspektiv på opplæringa av minoritetsspråklege i alle aldrar og tiltak som skal gi alle like moglegheiter til læring, utdanning, og deltaking i arbeidsliv og samfunnet. Fastsetjinga av nye læreplanar i grunnleggjande norsk og morsmål har si forankring i strategien. Andre sentrale tiltak i strategien er Språkløftet, som gir oppfølging av barn på grunnlag av språkkartlegging på helsestasjonen.
Se mulighetene og gjør noe med dem – Strategi for entreprenørskap i utdanninga 2004–2008 er utvikla i samarbeid mellom Utdanningsdirektoratet, Nærings- og handelsdepartementet, Kommunal- og regionaldepartementet og Kunnskapsdepartementet. Strategien vart revidert hausten 2006. Tiltaka er nasjonale og regionale konferansar og møte, midlar til etter- og vidareutdanning og FoU, og kompetanseheving i nettverk.
Språk opnar dører – Strategi for styrking av framandspråk i grunnopplæringa 2005–2009vart revidert i januar 2007. Den nye utgåva er også gitt ut på engelsk. Strategien har vore følgd opp mellom anna med å utvikle eit nasjonalt etterutdanningstilbod i framandspråkdidaktikk for lærarar, og det er starta ei utprøving med ikkje-europeiske språk som framandspråk og integrering av framandspråk i andre fag i yrkesfaglege utdanningsprogram.
Skapende læring. Strategi for kunst og kultur i opplæringa 2007–2010vart ferdigstilt og distribuert i juni 2007. Tiltaka i strategien er retta mot barnehagar, grunnopplæringa, kulturskolar, lærarutdanning og kunstutdanning.
Nasjonalt senter for kunst og kultur i opplæringa vart etablert frå og med 1. januar 2007 ved Høgskolen i Bodø. Mandat og grunnlag for arbeidet ved senteret er innarbeidd i strategien for kunst og kultur i opplæringa.
I 2006 vart det utarbeidd eit nytt og meir omfattande GSI-grunnlag som gir eit meir nyansert bilete av kulturskoleverksemda, ventelister og prisar. Det er òg utarbeidd ein rapport om verksemda.
Samarbeidet med kultursektoren når det gjeld utvikling og forvaltning av satsinga på Den kulturelle skolesekken, er vidareført. Kultur- og kyrkjedepartementet har sekretariatsansvaret, medan det nasjonale senteret ved Høgskolen i Bodø vidarefører arbeidet med å integrere kunst og kultur i verksemda på skolen. Satsing mot fråfall i vidaregåande opplæring er evaluert, erfaringane er spreidde, og det er utvikla rettleiingsmateriell. Tiltaket Betre oppfølging av språklege minoritetar som treng særskilt tilrettelagd opplæring er ført vidare slik at det inngår i den samla satsinga for betre gjennomføring i vidaregåande opplæring.
Arbeidet med yrkes- og studierettleiing for ulike grupper held fram gjennom ei vidareføring av Partnarskap for karriererettleiing, spreiing av god praksiserfaring og tiltak for kvalitetsutvikling av rådgivingstenesta i grunnopplæringa. I revidert nasjonalbudsjett for 2007 vart det løyvd 4 mill. kroner slik at alle fylka får støtte til drift av partnarskap.
Utviklingsprosjekt for urfolk og nasjonale minoritetar omfattar Romaniprosjektet, fjernundervisning i samisk, IKT-baserte læremiddel i finsk og læremiddel og kompetanseutvikling i kvensk. Romaniprosjektet blir leitt av høgskolen Dronning Mauds Minne og Høgskolen i Sør-Trøndelag. Dei andre tiltaka er førde vidare i samarbeid med fylkesmannen i dei tre nordlegaste fylka. Tenesta med fjernundervisning er framstilt i ein rapport om samisk fjernundervisning.
Perioden 2005–14 er FNs tiår for Utdanning for berekraftig utvikling. Utdanningsdirektoratet har laga ein nasjonal strategi for tiltak på området. Direktoratet har samarbeidd med NRK og Miljøverndepartementet om temaet vêr og klima, og hausten 2007 er det sett av ei uke til arbeid med dette temaet på skolane og i NRK. Det har vore eit samarbeid med Noregs forskingsråd om forskingskampanjen 2007. Noreg deltek i arbeidet med å implementere strategien om utdanning for berekraftig utvikling som er laga i UNECE (United Nations Economic Commission for Europe). Departementet følgjer òg opp den baltisk-nordiske strategien, Baltic 21E. Noreg deltek i det internasjonale nettverket Environment and School Initiatives, ENSI.
Mål for 2008
Departementet vil nytte 375 mill. kroner til kompetanseutvikling i 2008. Midlane skal brukast til å følgje opp prioriteringane i tråd med Kompetanse for utvikling – Strategi for kompetanseutvikling i grunnopplæringa 2005–2008. Midlane skal gå til skoleeigar. I 2008 skal kompetanse knytt til individvurdering i skolen prioriterast. Det skal òg leggjast vekt på kompetanseutvikling for tilsette i fag- og yrkesopplæringa. Fordeling av midlar mellom kommunar og fylkeskommunar er derfor sett til 65 pst. til kommunane og 35 pst. til fylkeskommunane. Det skal leggjast vekt på at lærarane og instruktørane ved den enkelte lærestaden skal involverast i arbeidet med planlegging og prioritering av kompetanseutviklingstiltaka.
Kunnskapsløftet – fra ord til handling skal vidareførast i 2008, og det skal leggjast vekt på å få fram gode prosjekt knytt til tidleg innsats og gjennomføring i vidaregåande opplæring.
Det skal vidare stimulerast til læring, fornying og kvalitetsutvikling i skolen, blant anna gjennom meir systematisk bruk av IKT som pedagogisk verkemiddel i opplæringa.
Kunnskapsgrunnlaget om skoleleiing, blant anna gjennom deltaking i internasjonale studiar, skal brukast til å vurdere eventuelle nye tiltak.
Utprøving med utvida skoledag skal vidareførast i 2008. Erfaringane frå utprøvinga i skoleåret 2007–08 skal vurderast med sikte på den vidare gradvise innføringa av eit auka timetal på barnetrinnet.
Utviklinga av eit betre og heilskapleg system for elevvurdering skal halde fram. I perioden 2007–09 skal det utarbeidast eit klarare regelverk for individvurdering i grunnopplæringa.
Tidleg innsats i læringsutvikling og satsing mot fråfall i vidaregåande opplæring skal framleis prioriterast. Dette er knytt til bruken av kompetanseutviklingsmidlane, men òg til Partnarskap for karriererettleiing, som skal vidareførast slik at alle fylka får midlar til partnarskap. Det skal òg gjennomførast spreiing av god praksiserfaring og tiltak for kvalitetsutvikling av rådgivingstenesta i grunnopplæringa.
Satsinga på utviklingsprosjekt ved skolar med fleire enn 25 pst. minoritetsspråklege elevar og Språkløftet skal styrkast som tiltak innanfor tidleg innsats og satsing mot fråfall i vidaregåande opplæring.
Arbeidet med utviklingsprosjekt for urfolk og nasjonale minoritetar vil bli ført vidare i 2008.
Dei nasjonale strategiane skal vidareførast. Resultata av dei undervegsrapportane som ligg føre, skal brukast i arbeidet med strategiane. Det skal leggjast vekt på å involvere skoleeigarane i å setje i verk strategiane. Det skal leggjast fram ein ny strategi for likestilling i barnehage og grunnopplæring. Det er eit mål at dei nasjonale sentra skal brukast betre i gjennomføringa av strategiane.
Program for digital kompetanse skal følgjast opp. Arbeidet skal vere nivåovergripande, med barnehage, grunnopplæringa, høgre utdanning og læringa til dei vaksne som nedslagsfelt.
I samarbeid med Norsk rikskringkasting er det eit mål å opprette ei teneste som skal gjere pedagogisk tilrettelagde klipp frå NRKs digitale arkiv tilgjengelege for norske skolar.
I samarbeid med ABM-utvikling (Statens senter for arkiv, bibliotek og museum) vil programmet for skolebibliotekutvikling bli følgt opp. Dette er eit program som vil bli oppretta frå 1. januar 2008. Programmet skal byggje på erfaringar frå Gi rom for lesing!, Bibliotekreform 2014, bibliotekutgreiinga frå ABM-utvikling og kartlegginga av norske skolebibliotek som Møreforsking har gjennomført.
Prosjektet Lærande nettverk blir vidareført som ei plattform for kunnskapsdeling og fellesskapsbygging. I tråd med St.meld. nr. 16 (2006–2007) vil departementet i 2008 setje i verk tiltak for å styrkje skoleleirars digitale kompetanse og for auka satsing på skolar i Lærande nettverk.
I 2008 skal det utarbeidast arkitektur for identitetsforvaltning som omfattar standardar og rettleiingar. Dette skal gi skoleeigarar eit nødvendig bestillingsgrunnlag for anskaffing av ressursar og tenester som også støttar opp under innføringa av FEIDE. Innan 2008 skal hovuddelen av dei vidaregåande skolane ha teke i bruk FEIDE, og fleire av dei største kommunane skal vere i gang med innføring av FEIDE.
Arbeidet med å gjere digitale læremiddel tilgjengelege vil bli vidareført i 2008. Dette gjeld også læremiddel for nivå og utdanningar utover grunnskole og vidaregåande skole. Integreringa av offentleg informasjon i læringsressursar og studieinformasjon skal aukast. I 2008 skal ein sluttføre arbeidet med innhenting av studiedata frå universitets- og høgskolesektoren, starte arbeidet med ein spesifikasjon for yrkes- og karriereinformasjon og arbeide for auka internasjonalt samarbeid om studieinformasjon.
Samordning av innhald på nettstader i utdanningssektoren samt arbeidet for større grad av universell utforming av nettstader vil òg bli vidareført i 2008.
I tråd med FNs tiår for Utdanning for berekraftig utvikling skal det utarbeidast ein samla nasjonal strategi for utdanning for berekraftig utvikling som femner barnehageområdet og høgre utdanning.
Lærings- og oppvekstmiljø
Rapport for 2006–07
Regjeringa har sett i gang, ført vidare og støtta ei rekkje tiltak for å betre læringsmiljøet i grunnopplæringa. Arbeidet har vore forankra i Prinsipp for opplæringa i Kunnskapsløftet og Strategi for læringsmiljøet i grunnopplæringa 2005–2008 og Manifest mot mobbing. Mellom anna er det gitt støtte til implementering av skoleomfattande program for eit godt læringsmiljø og program mot mobbing.
Prosjekt leksehjelp har gjennomført ei nasjonal omfangsmåling av leksehjelptiltak og evalueringar av dei. I skoleåra 2006–07 og 2007–08 skjer det utprøving av ulike modellar for leksehjelp i regi av 33 aktørar: kommunar, skolar og frivillige organisasjonar.
Det er utvikla opplærings- og rettleiingsmateriell for arbeidet i skolemiljøutval.
Forskarrapporten Forebyggende innsatser i skolen (Utdanningsdirektoratet og Sosial- og helsedirektoratet 2006), ein kunnskapsstatus om skoleprogram for rusførebygging, åtferdsproblematikk, sosial kompetanse, klasseleiing og implementeringsstrategiar, er send til alle skoleeigarane, skolane og fagmiljøa. Det er òg utarbeidd ein kunnskapsstatus om kjønnsrelatert mobbing.
Noreg har bygd opp og koordinert OECD-nettverket International Network on School Bullying and Violence. Det er etablert ein eigen nettstad for kommunikasjon og spreiing av erfaringar. 22 land deltek i nettverket. Frå 5. mars 2007 har Slovakia ansvaret for koordineringa av nettverket.
Som ein del av tiltaka med å sikre det fysiske arbeidsmiljøet til elevane er den nettbaserte rettleiingstenesta for skoleanlegg vidareført og vidareutvikla.
Departementet samarbeider med fleire andre departement om gjennomføringa av tiltak som er forankra i ulike strategi- og handlingsplanar, til dømes på områda psykisk helse, rus og tobakk.
Arbeidet mot rasisme og diskriminering og for menneskerettar og toleranse er vidareført, og Benjaminprisen er delt ut til Mandal vidaregåande skole. Det er utarbeidd ei kartlegging av forsking kring haldningar og kunnskap knytte til rasisme, holocaust og menneskerettar hos norske skoleelevar. På bakgrunn av kartlegginga blir det ikkje sett i gang ei stor ny undersøking no, men det kan vere aktuelt å knytte spørsmål om dette til ulike undersøkingar som allereie er i gang.
Departementet har ført vidare samarbeidet med Helse- og omsorgsdepartementet om prosjektet Fysisk aktivitet og måltid i skolen. Om lag 350 skolar har arbeidd med ulike prosjekt i 2006–07. HEMIL-senteret ved Universitetet i Bergen leverte ein evalueringsrapport i desember 2006. Fylkesmennene har hatt spreiingskonferansar og har valt to modellskolar i kvart fylke. Det er gjennomført ein nasjonal erfaringskonferanse, og det er utvikla rettleiingsmateriell og video som er sende til alle skolane.
Det er samla og systematisert rettleiingsmateriell om handsaming av kriser, som er lagt ut på Skolenettet.
I samarbeid med prosjektet Skal–skal ikke er det arbeidd for å finne dei gode modellane frå verdiprosjekta Verdier i skolehverdagen og Skal–skal ikke, og dette er spreitt til alle skolar.
Dronning Sonjas skolepris for likeverdig og inkluderande opplæring vart delt ut for første gong i 2006 til Aspervika skole i Sandnes kommune. Prisutdelinga blir vidareført i 2007.
Det er gjennomført samarbeid med Elevorganisasjonen om Internasjonal Uke og Operasjon Dagsverk, og om kåring av den beste internasjonale veka.
Det er gitt støtte til Elevorganisasjonen for å skolere elevar i elevrådsarbeid, og for å auke innsatsen til elevane når det gjeld medbestemming i skolen. Det er òg gitt støtte til skolering av elevar for å kunne delta i og ta ansvar for skolemiljøutval. Vidare har Elevorganisasjonen fått støtte til eit inspirasjonshefte for elevmedverknad og til å gjennomføre ei undersøking der ein skal sjå på kvaliteten i elevrådsarbeidet i skolen.
Foreldreutvalet for grunnskolen (FUG) arbeider på ulike vis med å styrkje rolla til foreldra i skolen, mellom anna ved å sende ut informasjonsmateriell til arbeidsutvalet i foreldreråda og til kommunale foreldreutval. Prosjektet Minoritetsspråklige foreldre – en ressurs for barnas læring er vidareført og utvida til fire nye kommunar. Saman med andre arbeider FUG for eit godt læringsmiljø i skolen gjennom Manifest mot mobbing. FUG deltek òg i prosjektet Leksehjelp, og har sett i gang eit arbeid med kampanjen Skap dialog for å auke og betre samarbeidet mellom heim og skole. Det er i samanheng med kampanjen sendt rettleiingsmateriell til alle foreldre med barn på 1. årstrinn ved skolestart i 2007.
Departementet har inngått eit samarbeid med Norges Idrettsforbund og Olympiske komité (NIF) og Helse- og omsorgsdepartementet om å få fram gode modellar for samarbeid mellom lokale idrettslag og skolefritidsordninga SFO. Tiltaket vil både rette seg mot idrett i SFO og idrett som ein del av ein framtidig heildagsskole, og NIF vil ha ansvaret for oppfølginga av tiltaket. Tiltaket skal sjåast i eit folkehelseperspektiv og vil ha som mål å medverke til å utjamne sosiale ulikskapar. Vidare skal det sjåast i samanhang med St.meld. nr. 39 (2006–2007) Frivillighet for alle, der eit av tiltaka er tilskott til lokale idrettslag som samarbeider med skole og/eller kommunale styresmakter om fysisk aktivitet i skolen.
Mål for 2008
Strategi for læringsmiljø i grunnopplæringa 2005–2008 og Manifest mot mobbingblir ført vidare. Skolane skal framleis få tilbod om skoleomfattande program for eit godt læringsmiljø og program mot mobbing.
Arbeidet med læringsmiljø skal også byggje på resultata frå rapporten Forebyggende innsatser i skolen. Tiltaka som får støtte, skal vere kunnskapsbaserte.
Dei nasjonale strategiane skal rette innsats mot spesielle tema i grunnopplæringa. Strategiane legg føringar for bruk av midlar og inneheld ulike tiltak retta mot sektoren. Kunnskapsdepartementet vidarefører samarbeidet med andre departement om gjennomføringa av tiltak som er forankra i ulike strategi- og handlingsplanar knytte til eit godt læringsmiljø. Dette omfattar mellom anna området fysisk og psykisk helse, rasisme, vold i nære relasjonar, kjønnslemlesting, tvangsekteskap og likestilling.
Prosjekt leksehjelp blir avslutta i 2008, og det vil bli publisert ein evalueringsrapport i 2008. Det vil bli informert om resultata frå prosjektet, og det vil bli laga kunnskapsbasert materiell til bruk i skolane. Leksehjelp i realfag vil bli vidareført i samarbeid med NTNU og UiO.
Forsøk med utvida skoledag blir avslutta i 2008. På bakgrunn av utprøvinga og evalueringa vil gode modellar med overføringsverdi bli spreidde til alle skolar.
Materiell med tema samliv og seksualitet vil bli revidert, og rådgivingstenesta for skoleanlegg blir ført vidare. For å kartleggje omfanget av diskriminering i forbindelse med seksuell orientering skal spørsmål om dette leggjast inn i Elevundersøkinga. Det vil vidare bli samarbeida med Senter for adferdsforskning om å leggje inn spørsmål i deira landsomfattande undersøking om skolemiljø. Utdeling av Benjaminprisen og Dronning Sonjas skolepris blir førde vidare. I oktober 2007 opnar ny revidert lærlingundersøking. Det vil bli utarbeidd analysar på bakgrunn av denne i 2008.
I samarbeid med Europarådet har Noreg teke på seg å etablere eit ressurssenter for arbeidet med demokrati-, menneskerettslege og interkulturelle spørsmål i skolen. Alle medlemslanda i Europarådet skal kunne dra nytte av senteret, som skal målbere rådets politikk innan områda demokratiarbeid, interkulturell opplæring og menneskerettsarbeid. Arbeid med etterutdanning av lærarar vil vere sentralt for senterets arbeid. Senteret vil bli starta opp i 2008.
Samarbeidet med Norges Idrettsforbund og Olympiske komité om lokalt samarbeid om idrett og SFO vil halde fram i 2008.
Internasjonalt samarbeid
Rapport for 2006–07
Noreg deltek i EUs program for livslang læring ( Lifelong Learning Programme) LLP som starta i 2007. SIU (Senter for internasjonalisering av høyere utdanning) er operatør for programmet i Noreg. Programmet består av ein tverrgåande del og fire delprogram, blant desse Comenius-programmet, som i hovudsak skal støtte skolesamarbeid frå førskolen til og med den vidaregåande skolen, og utveksling av lærarar og elevar.
EU-samarbeidet om yrkesopplæring er ført vidare. Etter Københavnprosessen og Maastricht-kommunikeet har det vore arbeidd med å utvikle verkemidla Europass, ECVET ( European Credit Transfer System), EQF ( European Qualifications System) og CQAF ( Common Quality Assurance Framework). Ei målsetjing med dette arbeidet er å heve statusen til yrkesopplæringa gjennom å auke kvaliteten på opplæringa og betre dokumentasjonen av innhaldet og forståinga av dei nasjonale systema på tvers av land. Noreg tek òg del i det europeiske nettverket for kvalitet i yrkesopplæringa.
Noreg tok del i EUs eLæringsprogram ( eLearning Programme 2004–2006), som vart avslutta i 2006. Samarbeid på IKT- området blir vidareført innanfor ramma av det livslange læringsprogrammet. Programmet har ein tverrgåande nøkkelaktivitet for samarbeid om IKT i utdanninga.
Utdanningsdirektoratet deltek i samarbeidet om Det europeiske skolenettet, der 28 europeiske land er med. Dette har gitt innsikt i og erfaringsutveksling om IKT i utdanninga i europeisk samanheng, og har synleggjort den norske satsinga på området. Så vel eTwinning som Det europeiske skolenettet har gitt norske skolar høve til å samarbeide med skolar i andre land.
Grensesamarbeid i nord inneheld tiltaka Samarbeid med Nordvest-Russland og Grenselaust i Nord. Hensikta har vore å auke samarbeidet innanfor opplæring på tvers av landegrensene. Fem skolar i Finnmark deltok i tiltaka hausten 2006.
Mål for 2008
Deltakinga i EUs program for livslang læring skal halde fram. Departementet vil, i samarbeid med Senter for internasjonalisering av høyere utdanning (SIU) som er operatør for programmet, arbeide aktivt for at norske fagmiljø skal ta aktivt del i programmet. eTwinning, som inngår i Program for livslang læring, skal førast vidare.
Samarbeidet med EU om fag- og yrkesopplæringa knytt til Københavnprosessen og Maastricht-kommunikeet vil òg halde fram. Det same gjeld deltakinga i arbeidet innanfor Det europeiske skolenettet.
Arbeidet med prosjekta Grenselaust i Nord og Samarbeid med Nordvest-Russland vil bli vidareførd i 2008.
I samarbeid med OECD vil det bli utført tre studiar i Noreg, mellom anna ein om fag- og yrkesopplæring, der sentrale spørsmål vil vere status og kvalitet på opplæringa. Vidare vil det bli gjennomført ein studie om språk og minoritetsspråklege og ein om utdanningsspørsmål knytte til minoritetselevar. Studien knytt til minoritetsspråklege vil ta for seg forsking på feltet og sjå på god praksis i utdanningssystema.
Andre oppgåver
Arbeidet med kvalitetsutvikling i grunnopplæringa krev særskild kompetanse på prioriterte område. Løyvinga skal derfor òg nyttast til lønn.
Budsjettforslag for 2008
Løyvinga blir ført vidare på same høge nivå som i 2007. Mellom anna vil partnarskap for karriererettleiing i alle fylka og forsøk med utvida skoledag, skolemat, leksehjelp og fysisk aktivitet bli førde vidare. Departementet vil framleis prioritere kompetanseutvikling høgt og fordele 375 mill. kroner til skoleeigar.
Kap. 227 Tilskott til særskilde skolar
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2006 | Saldert budsjett 2007 | Forslag 2008 |
60 | Tilskott til Moskvaskolen | 1 142 | 1 183 | 1 233 |
61 | Tilskott til Nordland kunst- og filmskole | 2 359 | 2 444 | 2 547 |
62 | Tilskott til Fjellheimen leirskole | 4 345 | 4 501 | 4 690 |
70 | Tilskott til den franske og den tyske skolen i Oslo | 6 343 | 6 584 | 6 867 |
71 | Tilskott til internatdrifta ved Krokeide yrkesskole | 18 568 | 19 274 | 20 103 |
72 | Tilskott til Røde Kors Nordisk United World College | 23 419 | 24 309 | 25 354 |
73 | Tilskott til opplæring i Kenya og Etiopia | 1 058 | 3 218 | 3 356 |
Sum kap. 227 | 57 234 | 61 513 | 64 150 |
Post 60 Tilskott til Moskvaskolen
Målet med tilskottsordninga er å gi norske elevar med kompetanse i russisk høve til å ta vidaregåande trinn 3 på Moskvaskolen. Kriteriet for måloppnåing er at skolen skal halde oppe eit tilbod for inntil 15 norske elevar med kompetanse i russisk til å ta vidaregåande trinn 3. I skoleåret 2006–07 var det åtte norske elevar som fullførte skoleåret ved den norsk-russiske skolen i Moskva.
Departementet foreslår at løyvinga blir ført vidare på same nivå som i 2007.
Post 61 Tilskott til Nordland kunst- og filmskole
Målet med tilskottsordninga er å medverke til at det blir gitt tilbod om kunst- og filmutdanning i Nord-Noreg ved tilskott til drifta av Nordland kunst- og filmskole. Skolen hadde 42 heilårselevar ved skolestart hausten 2006, derav 26 elevar på kunstlinjene og 16 elevar på filmlinja. Ved elevrapportering våren 2007 var det 42 elevar som fullførte i skoleåret 2006–07, totalt 27 elevar på kunstlinjene og 15 elevar på filmlinja.
Det vart i 2006 gjennomført evaluering av ordninga. Skolen er toårig, og hovudmålet er å kvalifisere elevane til opptak ved høgre utdanning innanfor kunst og film. Undervisninga er i hovudsak modulbasert, og kvart kurs er på frå ei til åtte uker. Det første semesteret er felles for alle med vekt på basiskunnskap i to- og tredimensjonale uttrykksformer. Frå det andre semesteret er undervisninga i større grad retta mot dei to fagavdelingane film og kunst.
Evalueringa gir ikkje grunnlag for å foreslå endringar i tilskottsordninga.
Departementet foreslår at løyvinga blir ført vidare på same nivå som i 2007.
Post 62 Tilskott til Fjellheimen leirskole
Målet med tilskottsordninga er å medverke til at barn, unge og vaksne med psykisk utviklingshemming eller med lærevanskar kan få eit opphald ved Fjellheimen leirskole. Elevtalet ved leirskolen var i 2006 på 912 elevar, og talet på elever har vore stabilt i dei siste åra.
Departementet foreslår at løyvinga blir ført vidare på same nivå som i 2007.
Post 70 Tilskott til den franske og den tyske skolen i Oslo
Målet med tilskottsordninga er å styrkje samarbeidet med Frankrike og Tyskland, og å styrkje stillinga til det franske og det tyske språket i Noreg. I skoleåret 2006–07 hadde den franske skolen i Oslo 250 elevar på barnesteget, 129 elevar på ungdomssteget og 61 elevar i vidaregåande opplæring. I skoleåret 2006–07 hadde den tyske skolen i Oslo 137 elevar på barnesteget og 34 elevar på ungdomssteget.
Departementet foreslår at løyvinga blir ført vidare på same nivå som i 2007.
Post 71 Tilskott til internatdrifta ved Krokeide yrkesskole
Målet med tilskottsordninga er å medverke til drifta av internatet ved Krokeide yrkesskole og det sosialmedisinske hjelpeapparatet ved skolen. I 2006 var det totalt 284 elevar ved internatet, 139 elevar om våren og 145 elevar om hausten. Våren 2007 var det totalt 141 elevar ved internatet, ein auke på to elevar i høve til våren 2006.
Departementet foreslår at løyvinga blir ført vidare på same nivå som i 2007.
Post 72 Tilskott til Røde Kors Nordisk United World College
Målet med tilskottsordninga er å medverke til drifta av Røde Kors Nordisk United World College. I skoleåret 2006–07 var det 201 elevar frå 87 land ved skolen. 27 pst. av elevane kom frå nordiske land, 2 pst. frå Balkan, 28 pst. frå andre europeiske land og Midtausten, 15 pst. frå Amerika, 19 pst. frå Asia og 9 pst. frå Afrika. Dei andre nordiske landa finansierte i 2006 rundt 20 pst. av drifta ved skolen.
Departementet foreslår at løyvinga blir ført vidare på same nivå som i 2007.
Post 73 Tilskott til opplæring i Kenya og Etiopia
Målet med tilskottsordninga er å medverke til at norske misjonærbarn i Kenya og Etiopia kan få god undervisning lokalt i staden for å måtte bu på skoleinternat langt frå foreldra. Misjonærskolane er eigde av Norsk Luthersk Misjonssamband.
Departementet foreslår at løyvinga blir ført vidare på same nivå som i 2007.
Kap. 228 Tilskott til private skolar o.a.
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2006 | Saldert budsjett 2007 | Forslag 2008 |
70 | Private skolar med rett til statstilskott , overslagsløyving | 2 050 171 | 2 191 062 | 2 528 382 |
71 | Tilskott til privatskoleorganisasjonar | 539 | 559 | 583 |
72 | Tilskott til elevutveksling utland | 1 500 | ||
Sum kap. 228 | 2 050 710 | 2 191 621 | 2 530 465 |
Post 70 Private skolar med rett statstilskott, overslagsløyving
Om ordninga
Private skolar som er godkjende etter privatskolelova, har rett til tilskott og til å drive verksemd etter lova. Skolane må drive i tråd med privatskolelova, jf. §§ 2-1 og 6A-1. I tillegg blir det gitt tilskott til kompletterande undervisning, jf. privatskolelova §6-4.
Våren 2007 vedtok Stortinget fleire endringar i lov om frittståande skolar (friskolelova), mellom anna er tittelen på lova endra til lov om private skolar med rett til statstilskott (privatskolelova). Lova er endra slik at det blir stilt krav om at skolane må drive verksemda si på eit særskilt grunnlag for å kunne bli godkjende etter lova. Dette inneber at skolane, i tillegg til å gi elevane jamgod opplæring, må dokumentere at dei skal ha og har eit særskilt grunnlag. Et slikt grunnlag kan mellom anna vere religiøst eller anerkjend pedagogisk retning. Etter endringane ligg det ikkje lenger føre ein rett til godkjenning etter lova, men departementet kan etter skjønn godkjenne nye skolar og driftsendringar ved allereie godkjende skolar.
Rapport for 2006–07
Tabellen under viser korleis talet på elevar og private skolar har endra seg frå skoleåret 2004–05 til skoleåret 2006–07.
Tabell 4.1 Private skolar, tal på skolar og elevar (gjennomsnitt haust og vår)
Skoletype | Skolar | Elevar | ||||
---|---|---|---|---|---|---|
2004–05 | 2005–06 | 2006–07 | 2004–05 | 2005–06 | 2006–07 | |
Skolar for funksjonshemma | 10 | 10 | 10 | 455 | 460 | 469 |
Vidaregåande skolar utan parallellar i offentlege skolar | 55 | 51 | 48 | 3 327 | 2 693 | 2 525 |
Vidaregåande skolar med parallellar i offentlege skolar | 63 | 78 | 79 | 8 793 | 9 616 | 10 575 |
Grunnskolar i Noreg | 131 | 144 | 145 | 12 577 | 13 249 | 13 406 |
Grunnskolar i utlandet | 16 | 17 | 16 | 708 | 695 | 666 |
Vidaregåande skolar i utlandet | 6 | 6 | 5 | 241 | 212 | 213 |
Sum | 281 | 308 | 305 | 26 101 | 26 997 | 27 927 |
Kjelde: Utdanningsdirektoratet
Hausten 2006 gjekk om lag 2,2 pst. av grunnskoleelevane i private skolar, mot 2,1 pst. hausten 2005. Hausten 2006 gjekk om lag 6 pst. av elevane i private vidaregåande skolar med parallellar i offentlege skolar mot 5,4 pst. hausten 2005.
Tilskottssatsar
Satsane for tilskott til private skolar byggjer på dei gjennomsnittlege utgiftene i den offentlege skolen, jf. privatskolelova § 6-1. Satsane for 2008 blir rekna ut på grunnlag av kommunal ressursbruk til skole i 2006, rapportert gjennom KOSTRA. Grunnlaget er korrigert for utgifter som er rapporterte i KOSTRA, men som ikkje skal gå inn i grunnlaget for utrekninga av tilskottet fordi desse utgiftene blir påførte kommunesektoren og ikkje dei private skolane.
Satsane blir justerte for ein venta pris- og lønnsauke frå 2007 til 2008. Satsane er tilpassa St.prp. nr. 39 (2006–2007) Om endringer på statsbudsjettet for 2007 under Kunnskapsdepartementet. Dette medfører at utgifter til drift og vedlikehald av skolebygg i kommunar som har oppretta selskap som erstattar kommunal tenesteproduksjon, inngår i utrekninga av satsane for de private skolane. Nærmare informasjon om utrekningsmåten ligg på nettsida til Utdanningsdirektoratet, www.utdanningsdirektoratet.no.
Private grunnskolar
Tilskottssatsen blir utrekna særskilt for barnetrinnet og ungdomstrinnet. Små skolar får eit høgre tilskott per elev enn store skolar. Tilskott blir gitt med 85 pst. av normalsatsen. Private grunnskolar skal, etter privatskolelova, ha dekt 100 pst. av dei gjennomsnittlege utgiftene til pensjonsinnskott i offentlege skolar.
Tilskottssatsen for barnetrinnet er justert for utvida timetal frå hausten 2007. Vidare er tilskottet justert som følgje av innføring av frukt og grønt for skolar med ungdomstrinn, men dette blir betalt ut særskilt og er ikkje lagt på satsen.
Departementet viser til oppmodingsvedtak nr. 545 i samband med handsaminga av Ot.prp. nr. 37 (2006–2007), jf. Innst. O. nr. 88 (2006–2007):
«Stortinget ber Regjeringen komme tilbake til Stortinget med en egen sak om tilskuddsordningene når gjennomgangen av utregningsmodellen for skolene er gjennomført.»
Departementet har gått gjennom tilskottsmodellen for private grunnskolar som varsla i St.prp. nr. 39 (2006–2007) og i Ot.prp. nr. 37 (2007–2008).
Ordninga med kommunekorreksjonsfaktor er teknisk komplisert, og skaper usikre rammevilkår for dei private grunnskolane. Departementet foreslår derfor å fase ut ordninga over ein treårsperiode frå 1. januar 2008.
Departementet har gjort ein foreløpig gjennomgang av modellen som bereknar tilskottet til dei private grunnskolane. Foreløpige anslag tyder på at ei endring i modellen slik at den betre tek omsyn til kostnadsstrukturen i offentlege skolar vil kunne føre til ei omfordeling av midlar mellom dei private grunnskolane. Departementet vil vurdere dette nærmare i samråd med privatskoleorganisasjonane.
Private grunnskolar i utlandet
Skolane får tilskott etter same grunnlag som private grunnskolar i Noreg, men satsen blir høgre sidan dei ikkje får eigen kompensasjon for meirverdiavgift.
Private skolar for funksjonshemma elevar
For grunnskolar og vidaregåande skolar for funksjonshemma elevar blir driftsutgifter dekte 100 pst. ved statstilskott etter ein normalsats per elev, jf. privatskolelova § 6-1 fjerde ledd. I Ot.prp. nr. 37 (2006–2007) punkt 8.2.8 blei det vist til at det er ei rekkje forhold rundt dei særskilde skolane for funksjonshemma som må vurderast nærmare. Departementet vil på denne bakgrunn komme tilbake med ei eiga sak for Stortinget om desse skolane våren 2009.
Private vidaregåande skolar med parallellar i den offentlege skolen
Kunnskapsløftet og innføringa av ny struktur i vidaregåande opplæring fører til endra praksis i innrapporteringa på «funksjon» i KOSTRA frå skoleåret 2006–07. KOSTRA-tal for offentlege vidaregåande skolar som har innført ny struktur, ligg føre berre for hausten 2006. SSB har i KOSTRA-tala for 2006 omrekna til «heilårstal» per heilårsekvivalentar på grunnlag av rapporteringa for hausten 2006. Dette ligg til grunn for berekninga av tilskottssatsane for alle elevar, både dei som følgjer ny og dei som følgjer gamal struktur. Grunnlaget er vidare korrigert for salsinntekter, avskrivingar av bygg og for utgifter som er rapporterte i KOSTRA, men som ikkje skal gå inn i grunnlaget for utrekninga av tilskottet fordi desse utgiftene blir påførte fylkeskommunane, ikkje dei private skolane. Dei private skolane får 85 pst. av normalsatsen. Tilskottet er justert for gratis læremiddel i Vg3 i 2008, men dette blir betalt ut særskilt og er ikkje lagt på satsen.
Særskilte tilskott
I tillegg til det tilskottet Kongshaug Musikkgymnas får etter privatskolelova, vil skolen i 2008 få 2,8 mill. kroner i særskilt tilskott. Skolane til Wang og Noregs Toppidrettsgymnas vil, i tillegg til tilskottet etter privatskolelova, få om lag kr 17 000 i særskilt toppidrettstilskott per elev. Tilskottet blir gitt for maksimalt 810 elevar.
Private vidaregåande skolar i utlandet
Norske private vidaregåande skolar i utlandet får statstilskott med 85 pst. av same grunnlag som for elevar i private vidaregåande skolar i Noreg, men satsen blir høgre sidan dei ikkje får kompensasjon for meirverdiavgift. Tilskottet er justert for gratis læremiddel i Vg3 i 2008.
Private vidaregåande skolar utan parallellar i den offentlege skolen
Satsane til vidaregåande skolar med yrkesretta opplæring, utanom det offentlege skoleverket, er knytte til tre av satsane for vidaregåande skolar med parallellar i offentlege skolar. Unntak frå dette er Norsk yrkesdykkerskole. Dei tre satsane er knytte til linjene for allmenne, økonomiske og administrative fag, idrettsfag og musikk, dans og drama. Vidaregåande skolar utan parallellar i det offentlege skoleverket får 75 pst. av tilskottssatsane. For å få statstilskott må skolane ha minst sju elevar i snitt per skoleår på dei to teljetidspunkta.
Andre private skolar
Norges Byggskole, Sørlandets Maritime Sjøaspirantskole og Rogaland Maritime vidaregåande skole får tilskott tilsvarande 85 pst. av eit godkjent budsjett. Departementet vil arbeide vidare med å vurdere tilskottsordninga, jf. Ot.prp. nr. 37 (2006–2007).
Kompletterande undervisning
Formålet med ordninga er at norske grunnskoleelevar som anten bur i utlandet eller går på ein internasjonal skole i Noreg, skal få undervisning i norsk, samfunnsfag og kristendoms-, religions- og livssynskunnskap (KRL). Ordninga kan også omfatte barn av EØS-borgarar som har arbeid og bustad i Noreg. Statstilskottet blir gitt med 85 pst. av fastsett sats per time, men kan variere ut frå størrelsen på undervisningsgruppa. For skoleåret 2006–07 var satsen kr 456, og tilskottet utgjorde dermed kr 388 per time. Det vart behandla 707 søknader, og 621 fekk innvilga tilskott.
Fagskolar
Hald Internasjonale Senter og Menighetsbibelskolen, som tidlegare fekk tilskott som frittståande vidaregåande skolar utan parallellar, vart frå hausten 2005 godkjende etter fagskolelova. Tilskott til desse skolane blir i 2008 utbetalt frå kap. 276 post 70.
Budsjettforslag for 2008
I høve til 2007 er det gjort følgjande tekniske endringar:
Post 70 er redusert med 24,625 mill. kroner mot ein tilsvarande auke av kap. 2410 post 71, dette fordi tilskott til delvis dekning av skolepengar er flytta til budsjettkapitlet som gjeld utdanningsstøtte.
Post 70 er redusert med 6,678 mill. kroner mot ein tilsvarande auke av kap. 276 post 70, dette fordi tilskott til to private skolar som har fått fagskolegodkjenning, er flytta til budsjettkapitlet som gjeld fagskolar.
Departementet foreslår å auke løyvinga som følgje av auka timetal i barneskolen og gratis frukt og grønt for alle elevar på skolar med ungdomstrinn. Posten blir redusert grunna lågare kostnader for gratis læremiddel i Vg3 enn for Vg2 i 2007.
Det er forventa ein auke i talet på elevar i private skolar på om lag 2 600 elevar i 2008. Auken kjem i hovudsak i vidaregåande skolar med parallellar i offentlege skolar, men det er òg forventa ein viss auke i talet på elevar i private grunnskolar og i vidaregåande skolar utan parallellar i offentlege skolar. Vidare tek berekninga av satsar til private skolar utgangspunkt i ny definisjon av korrigerte brutto driftsutgiftar som inkluderer utgifter til kommunar som har oppretta selskap som erstattar kommunal tenesteproduksjon. Dette fører til at tilskottsgrunnlaget for berekninga av satsane til private skolar aukar. Som følgje av dette aukar løyvinga på posten.
Regjeringa foreslår å fase ut ordninga med kommunekorreksjonsfaktor over ein treårsperiode frå 1. januar 2008 og foreslår å auke løyvinga med om lag 5 mill. kroner.
Post 71 Tilskott til privatskoleorganisasjonar
Målet med tilskottsordninga er å medverke til at privatskoleorganisasjonane kan drive samordningsoppgåver for medlemsskolane sine. Tilskott blir gitt til privatskoleorganisasjonar med medlemsskolar som er godkjende etter privatskolelova. I 2006 fekk fem organisasjonar tildelt tilskott ut frå at dei til saman hadde 231 godkjende medlemsskolar. I 2007 var det 234 godkjende medlemsskolar for dei same organisasjonane.
Departementet foreslår at løyvinga blir ført vidare på same nivå som i 2007.
Post 72 Tilskott til elevutveksling – utland
Statstilskott etter privatskolelova kan ikkje nyttast til elevutveksling til utlandet. Departementet foreslår derfor i tråd med Innst. O. nr. 88 (2006–2007) Om lov om endringar i friskolelova å opprette ei ny tilskottsordning for utveksling til utlandet for elevar i private vidaregåande skolar med rett til statstilskott. Skolane skal kunne søkje om støtte til administrasjon, oppfølging av og tilrettelegging for elevutveksling. Tilskottet kan bli gitt til godkjende samarbeidsprosjekt mellom norske private vidaregåande skolar med rett til statstilskott og utanlandske skolar. Samarbeidsprosjektet må vere godkjend av Kunnskapsdepartementet. I skoleåret 2007–08 har følgjande private vidaregåande skolar med rett til statstilskott slik godkjenning: Danielsen videregående skoler i Bergen, Heltberg Private Gymnas i Oslo og Drottningborg videregående skole i Grimstad.
Departementet foreslår å løyve 1,5 mill. kroner til formålet i 2008.
Kap. 229 Andre tiltak
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2006 | Saldert budsjett 2007 | Forslag 2008 |
70 | Tilskott til tryggleiksopplæring for fiskarar | 11 000 | 11 418 | 11 909 |
Sum kap. 229 | 11 000 | 11 418 | 11 909 |
Post 70 Tilskott til tryggleiksopplæring for fiskarar
Målet med tilskottsordninga er å medverke til å finansiere tryggleiksopplæring for fiskarar. I 2006 gjennomførte 1 046 deltakarar denne opplæringa, ein reduksjon på 187 frå året før. Kursfartøyet hadde 955 deltakarar på sine grunn- og repetisjonskurs. På dei stasjonære tryggleikssentra var det 91 deltakarar på dei same kursa. På grunnkursa vart 55,8 pst. av kapasiteten nytta, og på repetisjonskursa 77,2 pst. Frå 1. juni 2006 er tryggleiksopplæring for fiskarar berre arrangert på kursfartøyet.
Departementet foreslår at løyvinga blir ført vidare på same nivå som i 2007.
Kap. 230 Kompetansesenter for spesialundervisning
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2006 | Saldert budsjett 2007 | Forslag 2008 |
01 | Driftsutgifter | 604 765 | 570 532 | 585 136 |
21 | Særskilde driftsutgifter | 56 099 | 45 736 | 47 703 |
45 | Større utstyrsinnkjøp og vedlikehald , kan overførast | 6 459 | 6 999 | 7 174 |
Sum kap. 230 | 667 323 | 623 267 | 640 013 |
Post 01 Driftsutgifter og post 45 Større utstyrsinnkjøp og vedlikehald
Kapitlet omfattar mellom anna:
Statleg spesialpedagogisk støttesystem (Statped) med 13 statlege kompetansesenter og avtalar om kjøp av tenester frå tre private institusjonar
ulike utviklingsoppgåver, mellom anna utvikling, produksjon og distribusjon av spesialpedagogiske læremiddel
nasjonalt opplæringsprogram i teiknspråk for foreldre
prosjektretta støtte til organisasjonar for funksjonshemma
nasjonal koordinator for European Agency for Development in Special Needs Education, internasjonalt samarbeid m.m.
ventelønn og lønn etter rettsvilkårsavtalen for overtallige
Kommunar og fylkeskommunar er ansvarlege for å gi alle elevar tilpassa opplæring, og spesialundervisning til dei som har behov for det, jf. § 5 i opplæringslova. Statped skal gi rettleiing og støtte til dei opplæringsansvarlege instansane lokalt. Målet er at barnehage- og skoleeigarar og tilsette i barnehagar og skolar skal få betre føresetnader til sjølve å ta hand om barn, unge og vaksne som treng spesialpedagogisk hjelp. Det er etablert samarbeidsorgan som sikrar god brukarmedverknad, både ved dei einskilde verksemdene og på nasjonalt plan. Statped skal utvikle kompetanse og dokumentere, formidle og implementere praksis- og forskingsbasert kunnskap.
Hovudmåla for Statped er:
å yte spesialpedagogiske tenester på individ- og systemnivå som fremmer tilpassa, likeverdig og inkluderande opplæring
å vidareutvikle spesialpedagogisk kompetanse som skal komme elevar med særskilde behov, føresette, lærarar og andre fagfolk i skoleverket til nytte
å spreie spesialpedagogisk kunnskap og kompetanse til brukarar, fagfolk og samfunnet
ved behov sikre skole- og miljøtilbod for hørselshemma elevar i grunnskole og vidaregåande opplæring, etter avtale med oppdragsgivar
Rapport for 2006
Frå 1. august 2006 vart dei tre kompetansesentra i Vest-Noreg, Eikelund, Søreide og Vestlandet, slåtte saman til kompetansesenteret Statped Vest.
Dei statlege spesialpedagogiske kompetansesentra har også i 2006 prioritert støtte til brukarar med store og samansette vanskar der det ikkje var nødvendig kompetanse lokalt, og gitt råd og rettleiing til barnehagar og skolar og barnehage- og skoleeigarar når det var behov for dette. Det var også samarbeid med helse- og sosialsektoren og på tvers av fagområde, både generelt for systemretta arbeid og i samband med utarbeiding av planar for brukarar som trong langvarige og omfattande tenester frå fleire instansar.
Det individretta arbeidet til sentra skjedde på det aktuelle senteret eller lokalt i kommunen eller fylkeskommunen. Utgreiingsarbeidet kunne gjelde både den enkelte og miljøet på heimstaden, det lokale nettverket og det lokale hjelpeapparatet. Rådgivinga var oftast tiltaksretta mot fagfolk, men kunne òg omfatte brukaren sjølv og foreldre/føresette.
Ressursinnsatsen frå Statped på dei ulike vanskeområda speglar langt på veg behovet i kommunesektoren for spesialisert hjelp og støtte, som er størst for dei lågfrekvente gruppene.
I 2005 og 2006 fordelte ressursane seg slik:
Tabell 4.2 Ressursinnsatsen frå Statped på dei ulike vanskeområda 2005 og 2006 (i pst.)
Sektor | 2005 | 2006 |
---|---|---|
Syn | 16,2 | 16,2 |
Hørsel (inkludert skoledrift/internat for hørselshemma og døvblinde) | 44,6 | 42,1 |
Språk- og talevanskar | 11,0 | 11,0 |
Samansette lærevanskar og åtferdsvanskar | 14,7 | 16,1 |
Sosiale og medisinske institusjonar | 5,5 | 5,9 |
Spesialpedagogiske tenester i Nord-Noreg (inkludert samisk spesialpedagogisk støtte) | 7,0 | 8,0 |
Fellestiltak / andre tiltak | 1,0 | 0,7 |
Sum | 100 | 100 |
Kjelde: Utdanningsdirektoratet
Tenesteproduksjonen i Statped hadde med små variasjonar om lag same profil og innretning i 2006 som året før. Om lag 64 pst. av dei samla ressursane gjekk til tenesteyting og 36 pst. til kompetanseutvikling og kunnskapsspreiing.
Teiknspråkopplæring for foreldre til sterkt tunghørte og døve barn heldt fram i samsvar med programmet på dette området. Det var òg kurs for brukarar ved kompetansesentra, anten individuelt tilrettelagde eller i grupper, og for foreldre og føresette til brukarar som inngår i målgruppene til sentra.
Fleire av sentra hadde samarbeid med universitet og høgskolar og andre forskingsmiljø om ulike kompetansehevingstiltak og FoU-arbeid. Dette samarbeidet med universitets- og høgskolesektoren er avtalebasert og praksisretta. Kompetansesentra var òg medverksytarar i samband med internasjonalt bistandsarbeid. Ytingane, som var i tråd med norsk bistandspolitikk, vart koordinerte av Utdanningsdirektoratet.
Samla sett arbeidde Statleg spesialpedagogisk støttesystem også i 2006 i tråd med dei sentrale føringane frå departementet og Utdanningsdirektoratet. I samsvar med måla har det skjedd utvikling på fleire område. Kompetansesentra har mellom anna delteke med kompetansehevingstiltak til Kunnskapsløftet.
Statped Vest har starta eit samarbeid med Bergen kommune om å flytte skoleavdelinga, Hunstad skole, til Nattland skole. Skolen ved Nedre Gausen kompetansesenter samarbeider med Gausetangen skole i Holmestrand. Nokre av elevane ved Nedre Gausen går frå skoleåret 2006–07 i klasse med dei hørande elevane.
Skolane ved dei sosiale og medisinske institusjonane vart frå 1. januar 2007 overførde til den fylkeskommunen der skolen/institusjonen ligg, på lik linje med anna sjukehusundervisning. Det gjeld Berg Gård skole, Geilomo skole, Solberg skole, Voksentoppen skole og skolen ved Sunnaas sjukehus, som endra namn til Sunnaas spesialpedagogiske kompetansesenter.
Våren 2007 godkjende departementet at Statped Nord kunne nyttast som samla namn på tenesteopplegget i dei tre nordlegaste fylka, og at tenestene i kvart fylke skulle samordnast. Ved ei slik samordning vil ein få ei meir rasjonell og effektiv utnytting av kompetanse og ressursar. Målet er mellom anna å redusere ressursbruken til administrative oppgåver til fordel for tenesteyting overfor brukarane.
Mål for 2008
I statsråd 29. juni 2007 vart det oppnemnt eit utval som skal gjennomgå tiltakskjeda for barn, unge og vaksne med særskilde opplæringsbehov generelt, og statleg spesialpedagogisk støttesystem spesielt. Dette er oppfølging av tiltak omtalte i St.meld. nr. 16 (2006–2007), jf. Innst. S. nr. 164 (2006–2007), jf. også Kunnskapsdepartementets svar i St.prp. nr. 1 (2005–2006) på Stortingets oppmodingsvedtak nr. 152 og nr. 539. Utvalet skal leggje fram innstillinga si innan 1. juli 2009.
Til dess innstillinga frå utvalet er handsama av departement, regjering og storting, vil grunnlaget for arbeidet i Statped framleis vere St.meld. nr. 23 (1997–98) Om opplæring av barn, unge og vaksne med særskilde behov, jf. Innst. S. nr. 228 (1997–98), og det svaret som i St.prp. nr. 1 (2005–2006) vart gitt på Stortingets oppmodningsvedtak nr. 152 av 13. desember 2004 og nr. 539 av 16. juni 2005. I svaret vart sentrale utviklingstrekk i det statlege spesialpedagogiske støttesystemet oppsummert, og det vart gjort greie for mål, hovudtiltak, organisering og ressursbruk. I samsvar med dei føringane som der vart gitt, skal noverande mål og fagprofil for støttesystemet vidareførast, og tenestetilbodet justerast etter brukarbehov og fagutvikling.
Fagprofilen for støttesystemet skal framleis vere forankra i hovudområda tenesteyting og fagutvikling og formidling, med høg og spesialisert kompetanse i høve til ulike grupper med særskilde opplæringsbehov. Statped skal prioritere hjelp til brukarar med dei største og mest samansette vanskane, og område/brukarar der ein ikkje kan vente at kommunane har kompetanse. Det skal vere mest mogleg lik tilgang på tenester i alle landsdelar.
Statped skal prioritere ressursbruk og innsats for å hjelpe kommunar og fylkeskommunar til på eit tidleg tidspunkt å gi tilpassa opplæring og spesialundervisning med god kvalitet etter behovet til elevane og ønsket til foreldra, slik at elevane kan få størst mogleg fagleg og sosialt utbytte av opplæringa.
Statped skal vidareføre kompetanseutvikling, kunnskapsformidling, læremiddelutvikling og læremiddelproduksjon, brukarmedverknad, samarbeidsrelasjonar og internasjonalt arbeid. Vidare skal Statped framleis delta i oppfølginga av nasjonale satsingar knytte til Strategi for læringsmiljøet i grunnopplæringa (2005–2008). I samarbeid med Sosial- og helsedirektoratet skal Statped delta i oppfølging av rapport (april 2006) frå Utdanningsdirektoratet om barn og unge med ADHD og liknande åtferdsvanskar.
Budsjettforslag for 2008
Departementet foreslår at løyvinga på kap. 230 postane 01, 21 og 45 blir ført vidare på tilsvarande nivå som i 2007.
Post 01 kan overskridast mot tilsvarande meirinntekter under kap. 3230 post 02, jf. forslag til vedtak II nr. 1.
Post 21 kan overskridast mot tilsvarande meirinntekter frå oppdragsverksemd, kap. 3230 post 01, jf. forslag til vedtak II nr. 2.
Løyvinga på post 45 kan overførast.
Kap. 3230 Kompetansesenter for spesialundervisning
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2006 | Saldert budsjett 2007 | Forslag 2008 |
01 | Inntekter frå oppdrag | 55 730 | 48 145 | 47 703 |
02 | Salsinntekter o.a. | 3 548 | 5 579 | 5 819 |
11 | Kursavgift ved vaksenopplæring og etterutdanning | 4 154 | ||
15 | Refusjon av arbeidsmarknadstiltak | 471 | ||
16 | Refusjon av fødselspengar/adopsjonspengar | 3 482 | ||
18 | Refusjon av sjukepengar | 10 812 | ||
Sum kap. 3230 | 78 197 | 53 724 | 53 522 |
Post 01 gjeld oppdragsverksemd som kompetansesentra utfører for kommunar, fylkeskommunar, høgskolar, universitet m.m. Utdanningsdirektoratet reknar med redusert oppdragsomfang i 2008 ved kompetansesentra Skådalen, Nedre Gausen, Møller og Statped Vest på mellom 2,5 og 3 mill. kroner. Departementet foreslår derfor å redusere inntektskravet på kap. 3230 post 01 med 2,5 mill. kroner. Med det blir tidlegare ubalanse mellom kap. 230 post 21 og kap. 230 post 01 varig korrigert.
Post 02 gjeld sal av læremiddel, sal av elevprodukt, sal frå kantine, utleige av lokale, inntekter frå hjelpemiddeltilpassing og inntekter frå kurs (kursmateriell, deltakarbetaling og opphaldsutgifter i samband med kurs).
Programkategori 07.30 Barnehagar
Utgifter under programkategori 07.30 fordelte på kapittel
(i 1 000 kr) | |||||
---|---|---|---|---|---|
Kap. | Nemning | Rekneskap 2006 | Saldert budsjett 2007 | Forslag 2008 | Pst. endr. 07/08 |
231 | Barnehagar | 15 593 637 | 18 023 293 | 21 584 258 | 19,8 |
Sum kategori 07.30 | 15 593 637 | 18 023 293 | 21 584 258 | 19,8 |
Kap. 231 Barnehagar
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2006 | Saldert budsjett 2007 | Forslag 2008 |
21 | Særskilde driftsutgifter , kan overførast, kan nyttast under post 51 | 67 039 | 71 301 | 77 367 |
50 | Tilskott til samiske barnehagetilbod | 11 435 | 11 870 | 12 380 |
51 | Forsking , kan nyttast under post 21 | 6 250 | 6 488 | 6 767 |
60 | Driftstilskott til barnehagar , overslagsløyving | 12 110 297 | 13 692 105 | 16 209 680 |
61 | Investeringstilskott , overslagsløyving | 253 301 | 255 000 | 207 500 |
62 | Tilskott til tiltak for barn med nedsett funksjonsevne i barnehage | 736 173 | 762 675 | 794 707 |
63 | Tilskott til tiltak for å betre språkforståinga blant minoritetsspråklege barn i førskolealder | 98 871 | 102 523 | 106 829 |
64 | Tilskott til mellombelse lokale , overslagsløyving | 40 000 | 10 000 | |
65 | Skjønnsmidlar til barnehagar | 2 310 271 | 3 081 331 | 4 159 028 |
Sum kap. 231 | 15 593 637 | 18 023 293 | 21 584 258 |
Barnehageløftet står sentralt i regjeringas politikk for å skape gode og trygge oppvekst- og opplæringsvilkår for barn og unge. Regjeringas mål er full barnehagedekning, høg kvalitet og låg pris. Barnehagar er eit godt pedagogisk tilbod og eit trygt omsorgstilbod for barn, og er viktig for å gi moglegheit til yrkesdeltaking for småbarnsforeldre. Regjeringa vil i det kommande året fortsette å prioritere arbeidet med full barnehagedekning. Eit stort fleirtal av kommunane i landet har nådd målet om full barnehagedekning og tilbyr eit godt utbygd barnehagetilbod. Målet for 2008 er at full barnehagedekning blir halden oppe i desse kommunane, og at full barnehagedekning blir nådd i kommunar som enno ikkje har etablert tilstrekkeleg med barnehageplassar.
Mål: Full barnehagedekning
Tilstandsvurdering
Full barnehagedekning har vore ei førande målsetjing i barnehagepolitikken til regjeringa. I statsbudsjettet for 2006 vart det lagt til rette for ei svært høg utbygging av nye barnehageplassar, med mål om å auke utbyggingstakta og kapasiteten i barnehagesektoren for å få høgre dekningsgrad. Tal frå KOSTRA syner at måltalet for 2006 vart nådd med god margin. Medan målet var å etablere 13 500 nye heiltidsplassar, noko som skulle gi plass til 10 500 nye barn, syner tala at det vart oppretta heile 16 000 nye heiltidsplassar. Dette gav om lag 11 500 nye barn plass i barnehage og er den største kapasitetsauken nokosinne.
Ved utgangen av 2006 gjekk nær 235 000 barn i ein ordinær barnehage eller familiebarnehage. Det gir ei barnehagedekning på 80,4 pst. for barn i alderen eitt–fem år. Tilsvarande tal for 2005 var 223 500 barn og ein dekningsgrad på 76,2 pst. Barnehagedekninga har dermed auka med 4,2 prosentpoeng frå 2005 til 2006. I tillegg gjekk nær 7 500 barn i open barnehage.
Eit klart fleirtal av dei nye barnehagebarna i 2006 var under tre år. Nær 9 400, eller 82 pst., av dei nye barna var småbarn. Barn under tre år utgjer no om lag 31 pst. av alle barn i barnehage, mot 29 pst. i 2005.
Sjølv om talet på nye barn i barnehage er det høgste sidan rekordåra tidleg i 1990-åra, er det framleis slik at ein god del av kapasitetsveksten i barnehagesektoren går med til å auke opphaldstida til barn som allereie har plass i barnehage. I 2006 vart det etablert 1,4 heiltidsplassar for kvart nytt barn som kom inn i barnehage. I 2005 var dette talet 1,3. Overgangen frå deltid til heiltid var dermed større i 2006 enn i 2005. Det er hos dei eldste barna at endringa frå del- til heiltid er størst. For barn over tre år vart det i 2006 oppretta om lag tre nye plassar for kvart nytt barn som byrja i barnehage, medan for barn under tre år vart det oppretta om lag ein plass for kvart barn som byrja i barnehage.
Barn med heiltidsplass har auka med over 21 600 i 2006. I 2006 hadde 75 pst. av barna heiltidsplass i barnehagen, mot 70 pst. i 2005. Gjennomsnittleg avtalt opphaldstid har i same periode auka frå 40,0 til 41,1 timar per uke.
Som i dei føregåande åra, fekk dei fleste av dei nye barna tilbod om plass i ein privat barnehage også i 2006. Tendensen er likevel ikkje så sterk som før. I 2006 byrja 58 pst. av dei nye barna i ein privat barnehage, mot 80 pst. i 2005. Tala syner at kommunane no står for ein større del av veksten enn tidligare. Om lag 4 800 av plassane til nye barn kom i 2006 i offentlege barnehagar. Tala syner vidare at 54 pst. av barna hadde plass i ein offentleg barnehage, medan 46 pst. hadde tilbod i ein privat barnehage i 2006. Ved utgangen av 2006 var det i overkant av 6 400 barnehagar i Noreg. 55 pst. av desse var private.
Tabell 4.3 Tal på barn i ordinære barnehagar og familiebarnehagar etter alder og opphaldstid
Barn null–to år | Barn tre–seks år | I alt | |||||
---|---|---|---|---|---|---|---|
Opphaldstid | Offentl. | Privat | Offentl. | Privat | Offentl. | Privat | Sum |
0–8 timar | 82 | 52 | 84 | 8 | 166 | 60 | 226 |
9–16 timar | 321 | 292 | 544 | 434 | 865 | 726 | 1 591 |
17–24 timar | 2 909 | 2 063 | 4 557 | 2 703 | 7 466 | 4 766 | 12 232 |
25–32 timar | 4 354 | 3 874 | 10 685 | 7 742 | 15 039 | 11 616 | 26 655 |
33–40 timar | 2 355 | 1 882 | 7 936 | 4 907 | 10 291 | 6 789 | 17 080 |
41 timar eller meir | 27 307 | 28 086 | 66 118 | 55 653 | 93 425 | 83 739 | 177 164 |
Sum | 37 328 | 36 249 | 89 924 | 71 447 | 127 252 | 107 696 | 234 948 |
Kjelde: Statistisk sentralbyrå per 15. desember 2006
Barnehagedekninga har auka for alle aldersgrupper frå 2005 til 2006. Mest har dekningsgraden auka for barn i alderen eitt–to år, der auken er på heile 8 prosentpoeng. Dekningsgraden for barn under tre år i 2006 var 62 pst., mot 54 pst. i 2005. For barn over tre år var han 93 pst., mot 91 pst. i 2005.
Rapportar frå kommunane over tal på barn i barnehage og på venteliste per 20. september 2006 syner at barnehagedekninga er ulik kommunane imellom. Medan mange kommunar har bygd ut eit tilstrekkeleg tal barnehageplassar og nådd full barnehagedekning, har andre kommunar mange barn på venteliste for ein barnehageplass. Dette gjeld i særleg grad for storbyar og storbynære kommunar.
Rapporteringa syner at eit fleirtal av kommunane allereie har nådd full barnehagedekning. 51 pst. av kommunane opplyste at dei per 20. september 2006 hadde full barnehagedekning, medan 78 pst. av dei kommunane som ikkje hadde full barnehagedekning, opplyste at dei venta å få det i løpet av 2006 eller 2007.
Kommunane har slutta opp om Barnehageløftet. Etablering av fleire barnehageplassar og tilrettelegging for full barnehagedekning har vore ei prioritert oppgåve for dei fleste. Regjeringa har i 2006 hatt eit nært samarbeid og dialog med kommunane om utfordringar på vegen mot målet om full barnehagedekning. Regjeringa har teke kommunane med på råd, lagt til rette for erfaringsutveksling og fått viktige tilbakemeldingar på kva slags utfordringar kommunane møter. Viktige arenaer har vore besøk og dialogmøte med kommunar og fylkesmenn, storbymøte mellom regjeringa og ni av dei største byane i landet samt ein nasjonal utbyggingskonferanse i samarbeid med KS. Regjeringa har også hatt nær kontakt med andre sentrale aktørar i barnehagesektoren, og desse har gitt innspel til regjeringas arbeid med barnehageutbygging.
Det vart i 2006 sett i verk fleire informasjonstiltak, mellom anna gjennom ulike nettstader og avisa Barnehageløftet, der gode døme på barnehageutbygging vart presenterte.
Fylkesmennene har i 2006 hatt eit særskilt fokus på å følgje opp kommunar som møter utfordringar i barnehageutbygginga. Fylkesmennene rapporterer om fleire tiltak som er sette i verk for å medverke til full barnehagedekning. Gjennom rettleiing, tilsyn, besøk og oppfølging av kommunane har fylkesmennene gitt råd om alt frå konkrete utbyggingsprosjekt og tomteval til spørsmål om finansierings- og tilskottsordningar. Dei har også arrangert nettverks- og saksbehandlingssamlingar for kommunane der barnehageutbygging har vore tema.
Regjeringa har definert målet om full barnehagedekning i løpet av 2007 nærmare:
«Alle som søkjer barnehageplass innan fristen for hovudopptaket våren 2007, skal få tilbod om plass innan utgangen av 2007.»
Definisjonen er ingen permanent definisjon, verken for stat eller kommunar, men eit måleverktøy for regjeringa. Departementet vil kartleggje etterspurnaden etter og tilbodet om barnehageplassar i løpet av 2007 og måle kor mange av dei som søkte plass ved hovudopptaket til barnehagar, som får tilbod om plass i løpet av året. Utviklinga vil bli dokumentert via det elektroniske barnehagekartet som vart lansert i juni 2007. Barnehagekartet er basert på kommunanes frivillige innrapportering. Kartet vil bli oppdatert jamleg og gi både publikum, presse og myndigheiter høve til å følgje utviklinga i barnehagedekninga.
Mange kommunar møter utfordringar med å etablere tilstrekkeleg tal med barnehageplassar. Press i arbeids- og byggjemarknaden og mangel på tomter som er eigna for barnehageformål, sinkar utbyggingstakta fleire stader. Dette er bakgrunnen for at eit nytt statleg tilskott til faste barnehageplassar i mellombelse lokale vart innført i 2007, jf. Budsjett-innst. S. nr. 2 (2006–2007). Formålet med tilskottet er å forsere barnehageutbygginga, slik at ein kan nå målet om full barnehagedekning.
Finansieringsordninga for barnehagar vart i februar 2005 klaga inn for overvakingsorganet til EFTA, ESA. Klaga, som var frå Private Barnehagers Landsforbund (PBL), inneheldt påstand om at tilskottet til kommunale barnehagar er ulovleg konkurransevridande etter reglane i EØS-avtalen. ESA fatta vedtak i februar 2007 som konkluderte med at finansieringssystemet for kommunale barnehagar ikkje er i strid med reglane i EØS-avtalen om ulovleg konkurransevridande støtte. PBL har i april 2007 teke ut stemning for EFTA-domstolen med påstand om at ESAs vedtak må annullerast. ESA har gitt tilsvar til EFTA-domstolen i juni 2007. Noreg støttar tilsvaret. Eit tilsvarande søksmål for norske domstolar har ikkje ført fram.
Strategiar og tiltak
Målet for regjeringa er at alle som ønskjer barnehageplass, skal få tilbod om det. Eit stort fleirtal av kommunane har nådd målet om full barnehagedekning og kan tilby eit godt utbygd barnehagetilbod til innbyggjarane sine. Målsetjinga for 2008 er at full barnehagedekning blir oppretthalden i desse kommunane, og at full barnehagedekning blir nådd i dei kommunane som enno ikkje har etablert tilstrekkeleg med barnehageplassar.
I statsbudsjettet for 2007 er det gitt løyvingar til etablering av 22 700 barnehageplassar, noko som er anslått å gi plass til 16 200 fleire barn. Regjeringa vil stimulere til vidare utbygging og utvikling av barnehagetilbodet også i 2008. ECON har på oppdrag frå Kunnskapsdepartementet undersøkt kva som vil vere full barnehagedekning i 2008. I rapporten Hva er full dekning av barnehageplasser? anslår ECON at etterspurnaden etter barnehageplassar i 2008, med dagens maksimalpris, vil svare til 86 pst. av barna i alderen eitt til fem år. Med utgangspunkt i måltalet for 2007 og ein prognose for forventa etterspurnad, anslår departementet at det vil vere behov for å etablere barnehageplassar til 3 900 fleire barn i 2008.
Departementet anslår at det framleis vil vere ein stor overgang frå deltid til heiltid, og at det derfor må etablerast 7 700 heiltidsplassar for å gi rom for 3 900 fleire barn i barnehage. Ved fastsetjinga av dette måltalet er det lagt til grunn ein forventa effekt på etterspurnaden etter barnehageplassar som følgje av prisreduserande tiltak. Med denne veksten i nye barn i barnehage vil det samla vere lagt til rette for at om lag 255 000 barn har eit barnehagetilbod ved utgangen av 2008. Anslaget er svært usikkert, noko som kjem av at det er vanskeleg å anslå etterspurnaden etter barnehageplassar. Anslaget for kor mange barn som står på venteliste ved inngangen til 2008, vil liggje føre i midten av oktober. Dette vil gi eit betre grunnlag for å estimere behovet for barnehageplassar i 2008.
Regjeringa foreslår å leggje til rette for etablering av om lag 5 400 nye barnehageplassar i permanente lokale i 2008. Desse skal gi plass til om lag 2 700 fleire barn i barnehage. I tillegg foreslår regjeringa å vidareføre tilskottsordninga til faste plassar i mellombelse barnehagelokale for å sikre fortgang og fleksibilitet i barnehageutbygginga. Regjeringa foreslår å leggje til rette for etablering av om lag 2 300 faste plassar i mellombelse barnehagelokale, noko som vil gi plass til om lag 1 200 fleire barn.
Løyvingsforslaget vil samla leggje til rette for at alle barn som er forventa å ønskje barnehageplass i 2008, skal få plass. Departementet vil følgje utviklinga i sektoren nøye, og vil komme tilbake med eventuelle oppdaterte anslag og løyvingsbehov for utbygging av barnehageplassar i 2008.
Regjeringa varsla i Soria Moria-erklæringa at ho vil innføre ein lovfesta rett til barnehageplass når full barnehagedekning er nådd. Rett til barnehageplass er eit viktig verkemiddel for å sikre ei rekkje overordna mål på ulike samfunnsområde, til dømes gode oppvekstvilkår, yrkesdeltaking og utjamning av sosiale forskjellar. Regjeringa tek òg sikte på å innlemme tilskott til drift av barnehagar i rammetilskottet til kommunane. Det er ønskjeleg at myndigheitsansvaret blir følgt av eit fullstendig økonomisk ansvar for sektoren. Regjeringa meiner derfor det er viktig å sjå desse endringane i nær samanheng.
Det er viktig at kommunane førebur seg på dei endringane som ein lovfesta rett til barnehageplass og rammefinansiering vil føre med seg. Kommunane har i dag etter barnehagelova plikt til å sørgje for at det finst eit tilstrekkeleg tal barnehageplassar for barn under opplæringspliktig alder. Med ein individuell rett til barnehageplass må kommunane dimensjonere barnehagetilbodet sitt slik at dei er i stand til å oppfylle denne retten.
Regjeringa vil med dette løyvingsforslaget medverke til at barnehageutbygging framleis blir ståande høgt på dagsordenen i kommunane. Departementet vil halde fram med tett dialog og rådføring med kommunar, private eigarar og andre sentrale aktørar i sektoren. Barnehageløftet er eit felles tverrpolitisk løft mellom stat og kommunar. Ein samla innsats og godt samarbeid med alle partar i sektoren er avgjerande for å lykkast med å gi eit godt barnehagetilbod til alle som ønskjer og treng det.
Mål: Høg kvalitet
Tilstandsvurdering
Departementet har lagt vekt på kompetanse- og kvalitetsutvikling i barnehagetilbodet. I 2006 vart det sett i verk fleire tiltak for å intensivere kvalitetsarbeidet i barnehagane. Dette har mellom anna ført til auka forskingsinnsats og utviklingsarbeid.
Noreg har saman med 19 andre land teke del i OECDs Thematic Review of Early Childhood Education and Care Policy. Den siste rapporten frå prosjektet, Starting Strong II (OECD 2006), vart lagt fram hausten 2006. Rapporten syner at Noreg utmerkjer seg ved at det offentlege gir store økonomiske bidrag til barnehageområdet, at Noreg har ein heilskapleg tilnærming til læring og omsorg og eit tilbod med god kvalitet for barn i alle aldersgrupper. Det er lagt merke til at Noreg har lovfesta barn sin rett til medverknad i barnehagen, og at den nye rammeplanen både har eit barneperspektiv og eit breiare læringsperspektiv enn ordinære læreplanar. Vidare er det trekt fram at Noreg arbeider for å få fleire menn og etniske minoritetar blant personalet i barnehagane. OECD-rapporten peika òg på område der Noreg har eit forbetringspotensial, særleg knytt til langsiktig forsking og låg pedagogdel i norske barnehagar. Etter at prosjektet vart avslutta, har OECD etablert eit nettverk for medlemslanda på barnehageområdet. Noreg er med i dette nettverket.
Fylkesmennene har i 2006 gjennomført ei rekkje tiltak for å fremme kvaliteten i barnehagane. Implementering av ny rammeplan for barnehagen har vore ei prioritert satsing. Vidare har det mellom anna vorte arrangert fagsamlingar, dialogmøte og nettverk for kommunane for å gi informasjon og leggje til rette for kvalitetsutvikling og samarbeid. Å finne gode system og reiskapar for å sikre og vidareutvikle kvaliteten i barnehagane er eit kontinuerleg arbeid i kommunane.
Løyvingane til barnehageforsking har vorte styrkt. I 2006 vart det fordelt om lag 19 mill. kroner til barnehageforsking. Midlane blir forvalta av Noregs forskingsråd gjennom Program for velferdsforskning 2004–2008 og Praksisrettet FoU for barnehage, grunnopplæring og lærerutdanning 2006-2010(PRAKSISFOU), jf. post 51. Program for velferdsforsking har som mål å bringe fram eit fagleg solid kunnskapsgrunnlag som er relevant både for politiske avgjerder og for den offentlege debatten. Forskingsprogrammet PRAKSISFOU skal fremme forskings- og utviklingsarbeid i lærarutdanningane, betre samanhengen mellom yrkesutdanning og yrkesutøving, gi kunnskap om barnehagens innhald og kvalitet og medverke til at forskingsbasert kunnskap blir teken i bruk.
Lov om barnehagar, som tok til å gjelde 1. januar 2006, gir fylkesmannen kompetanse til å føre tilsyn med kommunen som barnehagemyndigheit. Tilsynet skal sikre at krava i barnehagelova blir oppfylte og medverke til å sikre kvaliteten på barnehagetilbodet. Departementet har sett i verk tiltak for å styrkje tilsynsarbeidet. Det er mellom anna gitt meir konkrete føringar for tilsynsarbeidet i styringsdokumenta til fylkesmennene. Vidare er det utarbeidd ein rettleiar for det tilsynet fylkesmannen skal ha med kommunen som barnehagemyndigheit. Tilsyn er òg eit sentralt tema i styringsdialogen med fylkesmannsembeta.
Personale og kompetanse i barnehagen
Tabell 4.4 Personalet i barnehagane
2004 | 2005 | 2006 | |
---|---|---|---|
Tal på tilsette | 60 470 | 64 728 | 69 655 |
Tal på årsverk | 46 540 | 50 331 | 54 896 |
Tal på barn per årsverk | 4,6 | 4,4 | 4,3 |
– offentlege barnehagar | 4,4 | 4,3 | 4,2 |
– private barnehagar | 4,8 | 4,6 | 4,4 |
Tal på styrarar og pedagogiske leiarar | 19 064 | 20 649 | 22 334 |
– i pst. av dei tilsette | 31,5 | 31,9 | 32,1 |
Tilsette med godkjend førskolelærarutdanning | 20 277 | 21 803 | 22 893 |
– i pst. av dei tilsette | 33,5 | 33,7 | 32,9 |
Anna pedagogisk personale | 5 363 | 5 639 | 5 620 |
– i pst. av dei tilsette | 8,9 | 8,7 | 8,1 |
Styrarar og pedagogiske leiarar utan godkjend førskolelærarutdanning | 2 036 | 2 244 | 2 932 |
– i pst. av styrarar og pedagogiske leiarar | 10,7 | 10,9 | 13,1 |
Kjelde: Barnehagestatistikk, Statistisk sentralbyrå
Ved utgangen av 2006 var det om lag 69 700 tilsette som utførte nær 54 900 årsverk i barnehagane. Det er ein auke på om lag 4 500 årsverk frå året før. I overkant av 22 300 av dei tilsette var styrarar og pedagogiske leiarar. I tillegg var vel 5 600 i kategorien anna pedagogisk personale, som til dømes allmennlærar, faglærar, spesialpedagog og barnevernspedagog. Sidan 2004 har talet på tilsette i sektoren auka med om lag 9 200 personar.
Delen av tilsette med førskolelærarutdanning ser ut til å halde seg stabilt på om lag 33 pst. på landsbasis. Talet på barn per årsverk viser ein svak nedgang frå 2004 til 2006. Det har vore ein sterk auke i talet på barnehageplassar for barn under tre år i denne perioden, noko som kan forklare denne nedgangen. Dette fordi det etter forskriftene til barnehagelova skal vere ein pedagogisk leiar per sju–ni barn når barna er under tre år og per 14–18 barn når barna er over tre år.
Talet på tilsette i barnehagane som arbeider som styrar eller pedagogisk leiar utan godkjend førskolelærarutdanning, er 13,1 pst. på landsbasis og har auka med om lag to prosentpoeng frå 2005 til 2006. I nokre fylke er det ei utfordring å rekruttere nok førskolelærarar, medan barnehagar i andre fylke ikkje har den same utfordringa. Oslo og Akershus har dei største vanskane. Her har delen styrarar eller pedagogiske leiarar utan godkjend utdanning auka frå 18,0 pst. og 17,0 pst. i 2005 til høvesvis 21,8 pst. og 22,1 pst. i 2006. I fylke som Sogn og Fjordane, Hedmark og Nord-Trøndelag er det motsett tendens, der denne delen minkar.
Tabell 4.5 Utdanning av førskolelærarar ved statlege og private høgskolar og universitet
2004 | 2005 | 2006 | |
---|---|---|---|
Opptak til førskolelærarutdanning | 1 943 | 2 091 | 2 361 |
– av dette menn | 250 | 316 | 335 |
– del menn (i pst.) | 12,9 | 15,1 | 14,2 |
Uteksaminerte førskolelærarar | 1 289 | 1 331 | 1 272 |
– av dette menn | 74 | 99 | 106 |
– del menn (i pst.) | 5,7 | 7,4 | 8,3 |
Kjelde: Database for statistikk om høgre utdanning (DBH)
Talet på studentar som er tekne opp til førskolelærarutdanninga, har auka frå 1 943 i 2004 til 2 361 i 2006. Talet på uteksaminerte førskolelærarar har vore stabilt i same periode, med om lag 1 300 kandidatar kvart år. Tal frå Samordna opptak viser at talet på søkjarar som hadde førskolelærarutdanning som første val, auka med om lag 32 pst. frå 2005 til 2006 og med 6,8 pst. i 2007. Opptaket av studentar auka med 270 personar frå 2005 til 2006, og det vart totalt teke opp 126 fleire studentar enn utlyste studieplassar. På lengre sikt vil dette medverke til å auke talet på uteksaminerte førskolelærarar.
I rapporten Full dekning, også av førskolelærere? frå NOVA (2007) er data frå Statistisk sentralbyrå (SSB) om alle som har fullført utdanning som førskolelærar frå 1971 kobla saman. Dette er nytta til å vurdere yrkesstabiliteten til denne gruppa i barnehagane. Rapporten syner at det i 2005 var vel 37 000 personar i yrkesaktiv alder som var utdanna som førskolelærarar. Av desse arbeider om lag 18 700 i barnehage. Storparten av førskolelærarane som ikkje arbeider i barnehagen, er tilsette i undervisning, helsetenester og sosial- og omsorgstenester eller i administrasjon av slik tenesteyting. Om lag 7 200 førskolelærarar arbeider i grunnskolen. Veksten i talet på førskolelærarar i perioden 2000 til 2005 har i stor grad vore kanalisert inn i barnehagane. Nesten 70 pst. av dei nyutdanna førskolelærarane byrja å jobbe i barnehage, medan berre sju pst. har byrja å jobbe i grunnskolen i same periode.
Tidlegare utgreiingar har peika på at førskolelærarar i barnehagane er ei svært ung arbeidstakargruppe. Framleis er denne gruppa relativt ung. Om lag to av tre førskolelærarar som jobba i barnehagen i 2005 var under 40 år, medan berre ein av ti var over 50 år. Fråfall på grunn av pensjonsavgang er derfor ikkje ei utfordring i barnehagesektoren dei nærmaste ti åra.
SSB har på oppdrag frå departementet gjort ei ny framskriving av tilbod og etterspurnad i arbeidsmarknaden for førskolelærarar fram mot år 2020. SSB skisserer tre alternativ. Framskrivinga gir ikkje eit eintydig bilete av om utdanningskapasiteten er tilstrekkeleg høg til å gi eit overskott av førskolelærarar innan få år, sjølv om to av alternativa indikerer at det vil vere balanse etter nokre år og overskott i slutten av framskrivingsperioden. Eit viktig moment som modellen ikkje tek omsyn til, er immobilitet i arbeidsstyrken. Sjølv om det tilsynelatande er nok førskolelærarar til å dekkje etterspurnaden om fem år, betyr ikkje det nødvendigvis at førskolelærarane ønskjer å flytte til dei stadene der behovet er størst.
Strategi for rekruttering av førskolelærere til barnehagen (2007–2011)skal medverke til at mangelen på førskolelærarar blir redusert, at det blir lettare å rekruttere førskolelærarar til og halde på førskolelærarar i barnehagane. Departementet lanserte strategien i 2007. Det må setjast inn både kortsiktige og langsiktige tiltak for å rekruttere førskolelærarar til barnehagane. Departementet vil utarbeide årlege tiltaksplanar i strategiperioden. Hovudsatsinga i 2007 er arbeidsplassrelatert førskolelærarutdanning for assistentar i barnehagen. I tillegg til statleg innsats må det også setjast inn sterkare lokal innsats for å rekruttere førskolelærarar.
Frå 2006 sette regjeringa i gang ei auka satsing på kompetanseutvikling i barnehagesektoren. Om lag 60 mill. kroner vart i 2006 nytta til kompetanseutvikling, sjå nærmare rapport under postane 21, 51 og 63. Midlane vart førde vidare i 2007 og vart auka med 4 mill. kroner i revidert nasjonalbudsjett 2007 i samband med Strategi for rekruttering av førskolelærere til barnehagen (2007–2011), jf. Innst. S. nr. 230 (2006–2007) og St.prp. nr. 69 (2006–2007).
I 2007 la departementet fram Kompetanse i barnehagen - Strategi for kompetanseutvikling i barnehagesektoren (2007–2010). Departementet ønskjer gjennom denne strategien å vidareutvikle barnehagen som ein lærande organisasjon med eit aktivt forhold til kompetanseutvikling. Kompetansen til dei tilsette er heilt sentral for å styrkje barnehagen som pedagogisk institusjon og yrkesstatusen til dei tilsette. Strategien skal også stimulere til kompetanseutvikling for kommunane som barnehagemyndigheit, barnehageeigarar, høgre utdanningsinstitusjonar og forskingsmiljø. Dei sentrale områda er pedagogisk leiing, barn sin medverknad, språkmiljø og språkstimulering og samarbeid og samanheng mellom barnehage og skole. Fylkesmennene har ei sentral rolle i gjennomføringa av strategien. Departementet vil arrangere årlege nasjonale konferansar for å formidle lokale erfaringar og kunnskap om kompetanseutvikling.
Barnehagen har ei viktig samfunnsoppgåve i tidleg førebygging av diskriminering og mobbing. Regjeringa har i samarbeid med KS, Foreldreutvalet for grunnskolen og Utdanningsforbundet skrive under på Manifest mot mobbing (2006–2008) for å understreke at det er viktig å arbeide for eit godt omsorgs- og læringsmiljø.
Likestilling
Hausten 2004 sette daverande Barne- og familiedepartementet i verk ein handlingsplan for likestilling i barnehagane, Den gode barnehagen er en likestilt barnehage, for perioden 2004–07. Handlingsplanen har to mål:
at delen menn i barnehagane skal aukast til 20 pst. innan utgangen av 2007
at likestilling og likeverd skal liggje til grunn for all verksemd og pedagogikk i barnehagen.
I planperioden har talet på menn i barnehagane auka betydeleg, frå 4 845 i 2004 til 6 202 i 2006. Som følgje av at barnehagesektoren er i vekst, gjer det ikkje så store utslag i prosentdelen. Ved utgangen av 2006 var 8,9 pst. av dei tilsette menn, ein svak auke frå 2004. Vidare har talet på menn i førskolelærarutdanninga og blant ferdige kandidatar vore aukande i perioden. I 2004 var det 250 menn under utdanning, og i 2006 auka det til 335. I 2004 finn vi 74 menn blant dei ferdige førskolelærarane, mens i 2006 var 106 av kandidatane menn. Dei utgjer vel 8 pst. av dei nye førskolelærarane.
Tabell 4.6 Menn i barnehagane 2004–06
2004 | 2005 | 2006 | |
---|---|---|---|
Menn i alt | 4 845 | 5 715 | 6 202 |
– i pst. av tilsette | 8,0 | 8,8 | 8,9 |
Styrarar og pedagogiske leiarar | 1 112 | 1 263 | 1 350 |
Assistentar1 | 1 896 | 2 387 | 2 780 |
Andre stillingsgrupper | 1 837 | 2 065 | 2 072 |
1 Inkludert tospråklege assistentar
Kjelde: Statistisk sentralbyrå
Handlingsplanen medverkar til at likestillingsarbeidet blir følgt opp i fleire barnehagar enn før. Fylkesmenn i fem regionar forvaltar midlar til informasjonstiltak, rettleiing, samarbeid med høgskolar og støtte til lokale prosjekt. Departementet har støtta ni forskings- og utviklingstiltak, der dei fleste har som formål å gi barnehagane verktøy i arbeidet for likestilling. Departementet støtta drift av nettsida mibnett.no og ein årleg landskonferanse for barnehagesektoren. Vidare har departementet gitt ut eitt temahefte om menn i barnehagen og eitt om likestilling i det pedagogiske arbeidet i barnehagen. Handlingsplanen for likestilling blir avslutta i 2007, og det vil bli utarbeidd ein sluttrapport.
Barn med nedsett funksjonsevne
Barn med nedsett funksjonsevne kan trenge ekstra bistand og merksemd i barnehagen som støtte for utvikling og fellesskap med andre barn. Regjeringa vil sjå til at barn som har særleg behov for barnehageplass, får det, jf. post 62.
Det er stort behov for forsking om barn med nedsett funksjonsevne i barnehagen. I Praksisrettet FoUfor barnehage, grunnopplæring og lærerutdanning for perioden 2006–10 er det av den årlege løyvinga på 15,5 mill. kroner sett av 2,5 mill. kroner til forsking om barn med nedsett funksjonsevne i barnehagen, sjå post 51. FoU-prosjekt kan gi kunnskap om korleis barnehagen legg til rette for at alle barn får eit godt omsorgs- og læringsmiljø.
Minoritetsspråklege barn
Minoritetsspråklege barn kan ha særskilte språkutfordringar fordi dei må lære seg både morsmålet sitt og norsk. Barnehagen er ein viktig integrerings- og språkopplæringsarena for minoritetsspråklege barn i førskolealder, jf. St.meld. nr. 16 (2006–2007) … og ingen sto igjen. Tidlig innsats for livslang læring.
Talet på minoritetsspråklege barn (det vil seie barn med ein annan språk- og kulturbakgrunn enn norsk, samisk, svensk, dansk og engelsk) i barnehage har auka frå i underkant av 14 000 i 2005 til om lag 15 700 i 2006. I 2006 var om lag 57 pst. av alle minoritetsspråklege barn i alderen eitt–fem år i barnehage. Det er ein auke frå 54 pst. i 2005. Deltakinga i barnehagane aukar med alderen. I 2006 gjekk 87 pst. av alle minoritetsspråklege femåringar i barnehage, mot 95 pst. av alle femåringar i befolkninga elles.
Ved utgangen av 2006 var det 788 førskolelærarar med innvandrarbakgrunn med jobb i barnehage, mot 676 i 2005. I 2006 utgjorde dette 3,4 pst. av alle førskolelærarar som arbeidde i norske barnehagar. Hausten 2006 hadde 5,5 pst. av studentane i førskolelærarutdanninga innvandrarbakgrunn. Det er på same nivå som i 2005. Ein viser òg til vedlegget Mål for inkludering av innvandrerbefolkningeni St.prp. nr. 1 (2007–2008) for Arbeids- og inkluderingsdepartementet.
Strategiar og tiltak
Eit overordna mål for barnehagepolitikken til regjeringa i 2008 er at barnehagen skal gi barn eit pedagogisk tilbod av god kvalitet. Rammeplan om innhaldet i og oppgåvene til barnehagen er eit viktig styrings- og kvalitetsverktøy. Rammeplanen skal vere med å sikre barn eit likeverdig tilbod av god kvalitet.
Ei viktig målsetjing for 2008 er at talet på pedagogar i barnehagen skal aukast. I dei siste åra har det vore ein stor auke i talet på barnehageplassar. I denne utbyggingsfasen er det ei utfordring å skaffe nok førskolelærarar til barnehagane. På bakgrunn av dette lanserte Kunnskapsdepartementet i 2007 Strategi for rekruttering av førskolelærere til barnehagen (2007–2011).Tiltak som vart sette i gang i 2007, vil bli vidareførde i 2008. Departementet foreslår at det i 2008 blir oppretta 125 nye studieplassar i førskolelærarutdanninga, jf. omtale under kategori 07.60.
Kompetansen til personalet er den viktigaste faktoren for å kunne gi eit barnehagetilbod med høg kvalitet. Målsetjinga for 2008 er at barnehagesektoren gjennomfører kompetansetiltak i høve til Kompetanse i barnehagen - Strategi for kompetanseutvikling i barnehagesektoren (2007–2010). Midlane til kvalitetsutvikling vil i 2008 bli vidareførde på same nivå som i 2007. Det foreslås å nytte 66 mill. kroner til kvalitetsutvikling i 2008. Dette omfattar 55 mill. kroner på post 21 og delar av midlane på postane 51 og 63. I tillegg til lokale kompetanseutviklingstiltak og utviklingsarbeid vil departementet finansiere nokre sentrale tiltak. Kunnskapsdepartementet medverkar med midlar til eit landsdekkjande vidareutdanningstilbod i pedagogisk utviklingsarbeid for førskolelærarar som arbeider i barnehagen (PUB-studiet). Nasjonalt senter for flerkulturell opplæring (NAFO) har fått midlar til å vidareføre kompetanseutvikling i språkstimulering og fleirkulturell pedagogikk for tilsette i barnehagar, jf. post 63.
Departementet vil leggje fram ein ny strategi for likestilling i barnehage og grunnopplæring. Strategien skal medverke til å styrkje og samordne likestillingsarbeidet i barnehagar og skolar. Han byggjer vidare på Den gode barnehagen er en likestilt barnehage (2004–2007) og tidlegare likestillingsarbeid i skolen, og rettar seg i hovudsak mot tilsette i barnehagar og skolar, eigarar, myndigheiter og lærarutdanningane. Sjå nærmare omtale under Del V kap. 8.
Regjeringa ser på barnehagen som ein viktig arena for læring for barn i førskolealder. Barnehagen skal leggje grunnlaget for livslang læring og aktiv deltaking for barn i eit demokratisk samfunn. Det er viktig å styrkje samarbeidet mellom barnehage og skole, for å gjere læringsløpet mest mogleg samanhengande. Ei utfordring i dette arbeidet vil vere å skape gode modellar for samarbeid slik at banda mellom barnehage og skole blir styrkte, samtidig som partane held på eigenartane sine. Departementet vil derfor utarbeide ein rettleiar om samarbeid og samanheng mellom barnehage og skole.
Småbarnsalderen er den grunnleggjande perioden for utvikling av språk. Hausten 2007 vil regjeringa leggje fram ei stortingsmelding om språkopplæring. Stortingsmeldinga vil omfatte språkopplæring i eit fleirkulturelt og livslangt perspektiv og handle om både språkopplæring og språkstimulering i førskolealder, grunnskole, vidaregåande opplæring og lærarutdanning. Departementet tar sikte på i denne meldinga å utrede innføring av kommunal plikt til språkstimulering av alle barn i førskolealder som har eit behov for dette, uavhengig av om dei går i barnehage eller ikkje, jf. St.meld. nr. 16 (2006–2007).
Departementet viser til oppmodingsvedtak nr. 396 (2006–2007) i samband med handsaminga av St.meld. nr. 16 (2006–2007), jf. Innst. S. nr. 164 (2006–2007):
«Regjeringen bes igangsette et forskningsprosjekt der man følger en representativ barnegruppe over lang tid. Forskningen bør søke å avdekke ulikheter i utvikling knyttet opp mot valg av omsorgsløsning, sosial bakgrunn og etnisk opprinnelse.»
Departementet vil følgje opp dette vedtaket og komme tilbake til Stortinget med resultata frå forskinga.
Departementet vil føre vidare satsinga på barnehageforsking både gjennom Program for velferdsforskning 2004–2008og Praksisrettet FoU for barnehage, grunnopplæring og lærerutdanning 2006–2010 (PRAKSISFOU), begge i regi av Forskingsrådet, jf. post 51.
Eit viktig mål er å leggje vekt på kvalitet ved lærings- og omsorgsmiljøet i barnehagen. I tiltaksplanen Manifest mot mobbing (2006–2008) er det særleg lagt vekt på implementering av rammeplan for barnehagen og barns rett til medverknad. Rammeplanen for barnehagen stadfestar at barnehagen har ei samfunnsoppgåve i tidleg førebygging av diskriminering og mobbing.
Mål: Låg pris
Tilstandsvurdering
Maksimalgrensa for foreldrebetalinga vart 1. januar 2006 redusert frå kr 2 750 per månad til kr 2 250 per månad. Ei undersøking gjennomført av SSB i august 2006 syner at den gjennomsnittlege betalingssatsen på landsbasis, både i private og kommunale barnehagar, var lågare enn maksimalgrensa. For hushald med ei bruttoinntekt på kr 250 000, kr 375 000 og kr 500 000 var satsane for ein heiltidsplass høvesvis kr 1 888, kr 2 169 og kr 2 225 i gjennomsnitt per månad. For private barnehagar var den gjennomsnittlege betalingssatsen per august 2006 på landsbasis kr 2 241. Maksimalgrensa for foreldrebetalinga vart 1. januar 2007 justert i tråd med anslaget for forventa pris- og kostnadsauke i kommunesektoren frå 2006 til 2007. I 2007 er maksimalprisen for eit ordinært heiltidstilbod kr 2 330 per månad og kr 25 630 på årsbasis.
Arbeids- og inkluderingsdepartementet finansierer i dag eit tilbod om gratis kjernetid for fire- og femåringar i område med høg del minoritetsspråklege barn i Oslo. Formålet med tiltaket er, gjennom auka deltaking i barnehage, å betre integreringa av minoritetsspråklege barn i samfunnet og betre norskkunnskapane til barna før dei begynner på skolen. Tiltaket må sjåast i samanheng med kommunanes tilbod om norskundervisning for foreldre og i særleg grad mødrer gjennom eigne motivasjons- og arbeidstiltak. Det er foreslått å vidareføre ordninga med gratis kjernetid i 2008. Sjå nærmare omtale i St.prp. nr. 1 (2007–2008) for Arbeids- og inkluderingsdepartementet, kap. 651 post 62.
Konsulentfirmaet Fürst og Høverstad har på oppdrag frå Kunnskapsdepartementet gjennomført ei utvalsundersøking av kostnadene i barnehagane i 2006. Analyser syner at kostnadsnivået ved drift i ordinære private barnehagar utgjer om lag 85 pst. av kostnadene i kommunale barnehagar. Dette er en ein svak nedgang frå 2005 da kostnadane i dei private barnehagane utgjorde om lag 87 pst. av dei kommunale kostnadene. Medan dei kommunale barnehagane hadde ei nominell auke i kostnadene til ordinær drift på 5,9 pst. frå 2005 til 2006, hadde dei private barnehagane samstundes ein nominell kostnadsauke på 4,1 pst.
Strategiar og tiltak
Målet til regjeringa er at prisen skal vere så låg at alle som ønskjer det, har råd til å betale for ein barnehageplass av god kvalitet. Regjeringa foreslår derfor å føre vidare maksimalprisen på same nominelle nivå som i 2007. Dette inneber at maksimalgrensa for foreldrebetalinga for eit ordinært heiltidstilbod i 2008 vil utgjere kr 2 330 per månad og kr 25 630 på årsbasis. Dette vil gi ein realnedgang i maksimalprisen for foreldrebetalinga for ein heiltidsplass på om lag 100 kroner per månad samanlikna med ein vidareføring av foreldrebetalinga basert på forventa pris- og kostnadsauke i kommunesektoren.
Regjeringa foreslår å auke foreldrefrådraget for pass og stell av barn frå kr 5 000 til kr 15 000 for kvart barn ut over det første. Dette vil medverke til å redusere utgiftene til barnepass for foreldre med fleire barn mellom anna i barnehage og/eller skolefritidsordning. Sjå nærmare omtale i St.prp. nr. 1 (2007–2008) Skatte-, avgifts- og tollvedtak.
Post 21 Særskilde driftsutgifter, kan overførast, kan nyttast under post 51
Midlane blir nytta til forsking, utviklingsarbeid, kartleggingar, utgreiingar, kompetansetiltak og informasjons- og erfaringsspreiing. Midlane blir mellom anna nytta til kompetanseheving i barnehagesektoren.
Om lag 50 mill. kroner vart nytta til kompetanseutvikling over post 21 i 2006. I tillegg vart det nytta midlar over post 51 og post 63. Samla vart det fordelt om lag 60 mill. kroner til kompetanseutvikling i 2006. Av desse midlane vart om lag 29 mill. kroner tildelte fylkesmennene for fordeling til kompetanseutvikling i barnehagesektoren. Om lag 15,5 mill. kroner vart tildelte Noregs forskingsråd til praksisretta forskings- og utviklingsarbeid i barnehagane. Midlane vart òg nytta til kompetanseheving og utviklingsarbeid for å betre språkforståinga blant minoritetsspråklege barn, jf. post 63, og til å betre tilbodet til barn med nedsett funksjonsevne eller andre særskilde behov, jf. post 51. Vidare vart det sett av 3 mill. kroner til oppfølging av Den gode barnehagen er en likestilt barnehage (2004–2007). For å støtte barnehagane i arbeidet med innføring av ny rammeplan er det brukt kompetansemidlar til temahefte om sentrale delar av rammeplanen og til nasjonale konferansar. Hefta handlar om IKT, natur og miljø, dei minste barna, barns medverknad, språkleg og kulturelt mangfald, samisk kultur og likestilling. Satsinga på kompetanseutvikling i barnehagesektoren vart ført vidare i 2007.
Fylkesmennene fekk tildelt 11 mill. kroner i 2006 for å løyse særskilde oppgåver på barnehagefeltet. Desse midlane kjem i tillegg til dei ordinære midlane til fylkesmannsembeta, løyvde over budsjettet til Fornyings- og administrasjonsdepartementet. Midlane er mellom anna nytta til informasjon, utviklingstiltak, nettverkssamlingar, konferansar, rettleiing, iverksetjing og oppfølging av Barnehageløftet. Ein del av fylkesmennene brukar nokre av midlane til eit samarbeid med høgskolane om kompetanseheving i sektoren. Fylkesmennene har vidare ei sentral rolle i arbeidet med å auke barnehageutbygginga i kommunane.
Departementet foreslår å løyve om lag 77 mill. kroner på posten i 2008. Av den totale løyvinga på posten skal om lag 55 mill. kroner gå til vidare satsing på kvalitetsutvikling i barnehagesektoren. Løyvinga på posten vart i revidert nasjonalbudsjett 2007 auka med 4 mill. kroner for å styrkje arbeidet med å rekruttere kvalifisert pedagogisk personale til barnehagane. Departementet foreslår at desse midlane blir førde vidare i 2008. For å styrkje forvaltninga av barnehagepolitikken i departementet er det foreslått å redusere løyvinga på posten med 1 mill. kroner, mot ein tilsvarande auke på kap. 200 post 01, jf. omtale under kap. 200. Departementet foreslår totalt å auke løyvinga med 3 mill. kroner i høve til saldert budsjett for 2007.
Post 50 Tilskott til samiske barnehagetilbod
Formålet med tilskottet er å leggje til rette for at samiske barn skal få utvikle samisk språk og kultur i barnehagen. Sametinget forvaltar midlar til tilskott til samiske barnehagar, tilskott til språktiltak i norske barnehagar med samiske barn og midlar til informasjons- og utviklingsarbeid og rettleiing.
Sametinget har i 2006 fordelt særskilde tilskottsmidlar til 43 samiske barnehagar. 23 norske barnehagar med samiske barn har fått tilskott til samisk språkopplæring. Sametinget har vidare tildelt midlar til utviklingsarbeid og pedagogisk materiell til bruk i barnehagar. Saman med fylkesmennene har Sametinget arrangert ein nasjonal barnehagekonferanse for tilsette i den samiske barnehagesektoren. Det er òg sett i verk ulike nettverk for styrarar i samiske barnehagar.
Departementet foreslår at løyvinga blir ført vidare på same nivå som i 2007.
Post 51 Forsking, kan nyttast under post 21
Midlane blir nytta til forsking i og om barnehagar. Løyvinga blir forvalta av Noregs forskingsråd gjennom Program for velferdsforsking 2004–2008 og Program for praksisrettet FoU for barnehage, grunnopplæring og lærerutdanning 2006–2010 (PRAKSISFOU). Program for velferdsforsking har som mål å frambringe eit fagleg solid kunnskapsgrunnlag som er relevant både for politiske avgjerder og for den offentlege debatten. Midlane har i hovudsak gått til prosjektet Det moderne barn og det fleksible arbeidsmarkedet: Institusjonalisering og individualisering av barn i lys av endringer i velferdsstaten, som blir leidd av Norsk senter for barneforskning (NOSEB) og til prosjektet Barns omsorgskarrierer: Barnehagen som ledd i en omsorgskjede for barn opp til 3 års alder, som er et samarbeid mellom Norsk institutt for forskning om oppvekst, velferd og aldring (NOVA) og Høgskolen i Oslo. Forskingsprogrammet PRAKSISFOU skal fremme forskings- og utviklingsarbeid i lærarutdanningane, betre samanhengen mellom yrkesutdanning og yrkesutøving og medverke til at forskingsbasert kunnskap blir teken i bruk. I 2006 vart Program for praksisretta FoU i grunnopplæringa og lærarutdanninga utvida til også å gjelde barnehagesektoren.
Posten vart oppretta i 2006, og i 2006 var løyvinga på om lag 6,3 mill. kroner. Løyvinga på posten må sjåast i samanheng med løyvinga til kompetanseutvikling på post 21. Over post 21 vart det i 2006 sett av om lag 13 mill. kroner til praksisretta forsking og utviklingsarbeid i barnehagen (FoU). I tillegg vart 2,5 mill. kroner over post 51 øyremerkte forsking om barn med nedsett funksjonsevne i barnehagen.
Departementet foreslår at løyvinga blir ført vidare på same nivå som i 2007.
Post 60 Driftstilskott til barnehagar, overslagsløyving
Under denne løyvinga er det fire tilskottsordningar: eit ordinært driftstilskott, eit tilskott til drift av barnehagar på Svalbard, eit tilskott til tiltak for barn av nykomne flyktningar og eit tilskott som gjeld lønnstillegg for førskolelærarar i Finnmark og Nord-Troms.
Ordinært driftstilskott til barnehagar
Det ordinære driftstilskottet skal nyttast til å nå måla om full barnehagedekning, lågare foreldrebetaling og høg kvalitet i barnehagane.
Tilskottet er øyremerkt og blir gitt til alle godkjende barnehagar. Tilskottet blir utbetalt etter gjeldande satsar, avhengig av alderen til barnet og avtalt opphaldstid per uke. Satsane for driftstilskottet er differensierte mellom private og offentlege barnehagar. Det er eigne satsar for barn med tilbod i open barnehage.
Satsane for driftstilskottet vart i 2006 auka for å finansiere nedgangen i maksimalpris frå kr 2 750 til kr 2 250 per månad. Tilskottet har, saman med dei andre tilskotta til drift og etablering av barnehageplassar, òg vore viktig som eit insentiv til auka utbygging av barnehageplassar.
I 2006 vart det over kap. 231 post 60 utbetalt om lag 12,1 mrd. kroner i tilskott til barnehagar. I hovudsak gjekk desse midlane til å utbetale ordinært driftstilskott for barn i barnehage. Ved utgangen av 2006 omfatta det 242 400 barn, inkludert barn med tilbod i open barnehage.
Departementet foreslår å løyve om lag 16,2 mrd. kroner på posten i 2008. Det er foreslått å auke løyvinga med om lag 575 mill. kroner som følgje av at driftstilskottet er justert opp med ein faktor for forventa pris- og kostnadsvekst i kommunal sektor. Løyvingsbehovet for driftstilskott til nye plassar i permanente lokale i 2008 er anslått til 102,5 mill. kroner. Ved utrekning av løyvingsbehovet på posten knytt til kapasitetsvekst i 2008 er det gått ut frå at 82 pst. av barna som får plass i barnehage er under tre år, og at 37 pst. av dei nye barna startar i ein kommunal barnehage. I utrekninga av løyvingsbehovet knytt til kapasitetsvekst i permanente lokale i 2008 er det lagt til grunn ein auke på om lag 5 400 heiltidsplassar, og det er anslått at dette vil gi plass til om lag 2 700 fleire barn i barnehage. Vidare er det lagt til grunn at det blir etablert om lag 2 300 faste plassar i mellombelse lokale, og at det vil gi rom for om lag 1 200 fleire barn i barnehage. Departementet foreslår å løyve 44 mill. kroner i driftstilskott til nye plassar i mellombelse lokale i 2008. Løyvinga på posten er vidare foreslått auka med 1 531 mill. kroner for å dekkje heilårseffekten på driftstilskottet av barnehageplassar som er etablerte i 2006 og 2007. Departementet foreslår vidare at løyvinga blir auka med 265 mill. kroner for å kompensere barnehagane for mindreinntektene frå foreldrebetalinga ved vidareføring av maksimalprisen på same nominelle nivå som i 2007. Totalt foreslår departementet å auke løyvinga med om lag 2 518 mill. kroner nominelt i 2008.
Tabell 4.7 Statleg driftstilskott til ordinære barnehagar og familiebarnehagar for 2008. Offentlege barnehagar. Kroner per år
Ukentleg opphaldstid for barna | Barn fødde 2004 og tidlegare | Barn fødde 2005 og seinare |
---|---|---|
0–8 timar | 8 565 | 16 345 |
9–16 timar | 17 290 | 32 910 |
17–24 timar | 26 235 | 49 575 |
25–32 timar | 35 105 | 66 280 |
33–40 timar | 37 620 | 70 775 |
41 timar eller meir | 47 340 | 85 500 |
Tabell 4.8 Statleg driftstilskott til ordinære barnehagar og familiebarnehagar for 2008. Private barnehagar. Kroner per år
Ukentleg opphaldstid for barna | Barn fødde 2004 og tidlegare | Barn fødde 2005 og seinare |
---|---|---|
0–8 timar | 9 475 | 18 225 |
9–16 timar | 19 145 | 36 650 |
17–24 timar | 28 960 | 55 210 |
25–32 timar | 38 775 | 73 770 |
33–40 timar | 41 425 | 78 670 |
41 timar eller meir | 52 170 | 94 990 |
Tabell 4.9 Statleg driftstilskott til open barnehage i 2008. Kroner per år
Ukentleg opphaldstid for barna | Tilskottssats |
---|---|
6–15 timar | 7 680 |
16 timar eller meir | 14 065 |
Tilskott til drift av barnehagar på Svalbard
Tilskottet skal medverke til at barnehageeigarar på Svalbard kan gi eit kvalitativt godt tilbod med låg foreldrebetaling til dei som ønskjer barnehageplass.
Ved utgangen av 2006 var det to godkjende barnehagar i den norske busetnaden på Svalbard, og totalt hadde 106 barn eit tilbod om plass i ordinær barnehage. Foreldrebetalinga for eit heiltidstilbod i barnehagane på Svalbard svara i 2006 til maksimalgrensa fastsett av Stortinget. Det vart i 2006 utbetalt om lag 6,8 mill. kroner i driftstilskott til barnehagane på Svalbard.
Departementet foreslår at ordninga blir ført vidare på same måte som i 2007.
Tilskott til tiltak for barn av nykomne flyktningar
Målet med tilskottet er å gjere kommunar og private barnehageeigarar i stand til å gi barn av nykomne flyktningar eit barnehagetilbod når familien skal etablere seg i busetjingskommunen etter opphald i mottak. Ordninga gjeld også for barn av personar som har fått opphald på humanitært grunnlag. Barn av asylsøkjarar er ikkje omfatta av ordninga. Tilskottet omfattar eit barnehagetilbod på 15 timar per uke i åtte månader.
Det vart i 2006 gitt tilskott til 374 barn. Dette er ein reduksjon med om lag 75 barn frå 2005.
Departementet foreslår at ordninga blir ført vidare på same måte som i 2007.
Lønnstillegg til førskolelærarar i Finnmark og Nord-Troms
Formålet med tilskottet er å betre tilgangen på førskolelærarar i Finnmark og Nord-Troms. Løyvinga dekkjer lønnstillegg til førskolelærarar tilsette som styrarar og pedagogiske leiarar i barnehagar og barnehageadministrasjonar i alle kommunane i Finnmark og sju i Nord-Troms. Det blir gitt tilskott dersom meir enn 30 pst. av dei aktuelle stillingane er opptekne av personar utan godkjend førskolelærarutdanning.
Om lag 16 pst. av styrarar og pedagogiske leiarar i Finnmark var utan førskolelærarutdanning ved utgangen av 2006. Det er ein svak auke i høve til 2005. I Troms auka delen styrarar og pedagogiske leiarar utan godkjend førskolelærarutdanning frå 12,8 pst. i 2005 til 16,6 pst. i 2006. Landsgjennomsnittet ved utgangen av 2006 var 13,1 pst. I 2006 vart det utbetalt om lag kr 220 000 i lønnstillegg til førskolelærarar i kommunane Gamvik, Lebesby og Vardø i Finnmark.
Lønnstillegget utgjer kr 20 000 per år i full stilling. Departementet foreslår at ordninga blir ført vidare på same måte som i 2007.
Post 61 Investeringstilskott, overslagsløyving
Tilskottsordninga er eit viktig verkemiddel for å nå målet om full barnehagedekning. Investeringstilskottet er eit eingongstilskott til etablering av nye barnehageplassar. Tilskottet skal dekkje delar av anleggskostnadene (tomte- og byggjekostnader) ved nybygg, tilbygg eller ombygging slik at investeringstilskottet reduserer finansieringsbehovet (lånebehovet eller behovet for eigenkapital) ved etablering av nye plassar.
Investeringstilskottet medverka til at det vart oppretta om lag 16 000 nye barnehageplassar i 2006. Til saman vart det utbetalt 253 mill. kroner i investeringstilskott i 2006.
Departementet foreslår at satsane for investeringstilskottet blir førde vidare på same nominelle nivå som i 2007. Departementet foreslår å løyve 63 mill. kroner til investeringstilskott til nye barnehageplassar i 2008. Ved utrekning av løyvingsbehovet knytt til nye barnehageplassar er det lagt til grunn at om lag 3 900 fleire barn får plass i barnehage. Vidare legg departementet til grunn at det i 2008 vil vere eit etterslep av uhandsama søknader om investeringstilskott knytt til etableringa av barnehageplassar i 2007. Det er på denne bakgrunnen foreslått å løyve 90 mill. kroner til investeringstilskott til plassar oppretta i 2007. Departementet anslår i tillegg at halvparten av barna som fekk fast plass i mellombelse lokale i 2007, vil bli flytta over i permanente lokale i 2008, noko som vil utløyse investeringstilskott. Løyvingsbehovet knytt til dette er anslått til 54,5 mill. kroner. Departementet foreslår samla å løyve 207,5 mill. kroner på posten i 2008.
Post 62 Tilskott til tiltak for barn med nedsett funksjonsevne i barnehage
Tilskottsordninga skal medverke til at barn med nedsett funksjonsevne skal kunne dra nytte av opphald i barnehagen. I høve til barnehagelova § 13 første ledd skal barn med nedsett funksjonsevne ha prioritet ved opptak til barnehage. Kommunen har ansvaret for at barn med rett til prioritet får plass i barnehage. Barn med nedsett funksjonsevne kan trenge særskild tilrettelegging av fysiske og personalmessige forhold. Ei slik tilrettelegging vil ofte føre med seg ekstra kostnader for barnehageeigaren. Det blir derfor gitt eit ekstra tilskott frå staten til tiltak for barn med nedsett funksjonsevne i barnehagen. Kommunen må i tillegg yte det som er nødvendig av eigne midlar for å gi desse barna eit godt og forsvarleg tilbod i barnehagen. Tilskottet er fordelt til kommunane etter talet på barn i alderen eitt til fem år i kommunen. Tilskottet blir handsama av kommunane.
I 2006 vart det tildelt om lag 736 mill. kroner i tilskott til kommunane. Tilskottet har i 2006 medverka til at om lag 5 200 barn med nedsett funksjonsevne har fått ekstra ressursar i barnehagen.
Departementet foreslår at ordninga blir ført vidare på same nivå som i 2007.
Post 63 Tilskott til tiltak for å betre språkforståinga blant minoritetsspråklege barn i førskolealder
Tilskottet skal medverke til at kommunane kan utforme tiltak for å betre språkforståinga blant minoritetsspråklege barn i førskolealder. Barnehagen er ein god arena for integrering og språkopplæring. Eit delmål med ordninga er å medverke til at minoritetsspråklege barn går i barnehage. Eit anna delmål er å medverke til at kommunane utarbeider heilskaplege tiltak på tvers av tenestetilboda.
Tilskottet blir delt ut til kommunane ut frå talet på minoritetsspråklege barn som går i ordinær barnehage. Tilskottet følgjer ikkje barnet. Kommunane kan nytte tilskottet fleksibelt ut frå lokale variasjonar og behov, under føresetnad av at målsetjinga med tilskottet ligg til grunn for utforminga av tiltak.
Rapport for 2006 –07
KOSTRA-tal for 2006 viser at over 7 000 minoritetsspråklege barn i barnehage fekk tilbod om særskild språkstimulering utover det ordinære arbeidet med språkutvikling i barnehagen, jf. rammeplan for barnehagen.
Hausten 2005 vart det sett i gang eit utviklingsprosjekt i fire bydelar i Oslo kommune for å gi særskild språkstimulering til fire- og femåringar som ikkje har barnehageplass. Prosjektet er vidareført i 2006 og fram til sommaren 2007 med midlar frå departementet til to ambulerande pedagogar. Evalueringa syner at dei barna som har delteke i prosjektet, har hatt språkleg utbyte av tilbodet, og for mange familiar har dette vore eit godt tilpassa tilbod ut frå deira livssituasjon. Resultata er baserte på intervju av foreldre og tilsette. Dei fleste som deltok i prosjektet, går ikkje i barnehage på grunn av økonomiske årsaker og geografisk avstand til barnehagane, men fleire barn har byrja i barnehage som følgje av deltaking i dette språkstimuleringstiltaket.
I 2006 er det nytta 5,8 mill. kroner til Nasjonalt senter for flerkulturell opplæring (NAFO) for å initiere kompetanseutviklingsprogram og utviklingsprosjekt i eit utval fylke og barnehagar og til fylkesmennene til opplæring og lokalt utviklingsarbeid, jf. post 21. Prosjekta er førde vidare i 2007.
Budsjettforslag for 2008
Departementet foreslår at løyvinga blir ført vidare på same nivå som i 2007.
Post 64 Tilskott til mellombelse barnehagelokale, overslagsløyving
Tilskottet til faste barnehageplassar i mellombelse lokale er eit verkemiddel for å auke kapasiteten i barnehagesektoren og skal medverke til at ein når målet om full barnehagedekning. Ordninga vart etablert 1. januar 2007.
Tilskottet blir gitt ved nyetablering av plassar i både kommunale og ikkje-kommunale barnehagar. Tilskottsordninga er ei mellombels ordning som skal stimulere barnehageeigarar til å leggje til rette lokale som gir barn fast plass i ein barnehage før den permanente barnehagen er ferdig. Det er berre ordinære barnehagar som kan få tilskottet.
Departementet foreslår at ordninga blir ført vidare i 2008 for å stimulere til auka utbygging av barnehageplassar. Departementet foreslår at satsane for tilskottet blir haldne oppe på same nominelle nivå som i 2007. Det er foreslått å løyve 10 mill. kroner på posten i 2008. Løyvinga legg til rette for at om lag 1 200 fleire barn kan få ein fast barnehageplass i mellombelse lokale. Auken i kapasiteten i sektoren som følgje av etablering av barnehageplassar i mellombelse lokale, gir i tillegg eit løyvingsbehov for driftstilskott og skjønnsmidlar, jf. post 60 og post 65.
Post 65 Skjønnsmidlar til barnehagar
Målet med skjønnsmidlane er å kompensere for dei auka netto meirutgiftene til kommunane som følgje av maksimalpris, kommunal plikt til likeverdig handsaming og drift av nye barnehageplassar. Skjønnsmidlane er statlege midlar som blir overførde til kommunane og er øyremerkte barnehagedrift.
Rapport for 2006–07
Departementet har i 2007 kontrollert om kommunane har oppfylt føresetnadene for tildeling av skjønnsmidlar i 2005. Det er gjennomført ein stikkprøvekontroll i 25 kommunar. Kontrollen syner at 18 av dei 25 kommunane har brote føresetnadene for tildelinga, og departementet har på denne bakgrunnen trekt tilbake 11,5 mill. kroner i skjønnsmidlar frå desse kommunane.
KOSTRA-tala for 2006 syner at netto driftsutgifter til barnehagar i kommunane nominelt vart auka med 2,2 pst. eller om lag 74 mill. kroner frå 2003 til 2006. Nokre kommunar har auka eigenfinansieringa, medan ei rekkje kommunar har redusert eigenfinansieringa. Reduksjon i eigenfinansieringa er i strid med føresetnadene i barnehageforliket og rundskrivet om tildeling av skjønnsmidlar for 2006. Departementet vil derfor fortsette å følgje opp dette overfor kommunane.
Skjønnsmidlane medverka til at det vart oppretta om lag 16 000 nye barnehageplassar i 2006. Til saman vart det utbetalt om lag 2 310 mill. kroner i skjønnsmidlar i 2006.
Budsjettforslag for 2008
Departementet foreslår å løyve om lag 4 159 mill. kroner i skjønnsmidlar til kommunane i 2008. Løyvingsbehovet knytt til etablering av nye plassar i permanente lokale er anslått til 106,5 mill. kroner i 2008. Løyvinga er vidare foreslått auka med 46 mill. kroner for å dekkje meirutgiftene til kommunane ved nye plassar oppretta i mellombelse lokale. Departementet foreslår i tillegg å auke løyvinga med 811,5 mill. kroner for å kompensere kommunane for meirutgiftene som følgje av plassar oppretta i 2006 og 2007. Den foreslåtte auken i driftstilskottet som følgje av nominell vidareføring av maksimalprisen på 2007-nivå, tek ikkje omsyn til at mange foreldre i dag har redusert foreldrebetaling på grunn av søskenmoderasjonar, inntektsgradering og friplassar. Dette inneber at den foreslåtte auken i satsane for driftstilskottet overkompenserer barnehagane for kostnadene knytt til redusert foreldrebetaling. Departementet foreslår derfor å redusere løyvinga med 16 mill. kroner. Det er vidare foreslått å auke løyvinga med om lag 130 mill. kroner som følgje av prisjustering. Totalt foreslår departementet å auke løyvinga på posten med om lag 1 078 mill. kroner nominelt i høve til 2007.
Programkategori 07.50 Tiltak for å fremme kompetanseutvikling
Utgifter under programkategori 07.50 fordelte på kapittel
(i 1 000 kr) | |||||
---|---|---|---|---|---|
Kap. | Nemning | Rekneskap 2006 | Saldert budsjett 2007 | Forslag 2008 | Pst. endr. 07/08 |
252 | EUs handlingsprogram for livslang læring | 141 652 | 186 646 | 31,8 | |
253 | Folkehøgskolar | 552 627 | 572 374 | 592 986 | 3,6 |
254 | Tilskott til vaksenopplæring | 158 228 | 189 496 | 192 722 | 1,7 |
255 | Tilskott til freds- og menneskerettssentra o.a. | 39 021 | 42 100 | 7,9 | |
256 | Vox - Nasjonalt senter for læring i arbeidslivet | 54 366 | 52 300 | 53 734 | 2,7 |
257 | Program for basiskompetanse i arbeidslivet | 24 540 | 35 421 | 36 944 | 4,3 |
258 | Analyse og utviklingsarbeid | 34 251 | 37 083 | 37 160 | 0,2 |
Sum kategori 07.50 | 824 012 | 1 067 347 | 1 142 292 | 7,0 |
Inntekter under programkategori 07.50 fordelte på kapittel
(i 1 000 kr) | |||||
---|---|---|---|---|---|
Kap. | Nemning | Rekneskap 2006 | Saldert budsjett 2007 | Forslag 2008 | Pst. endr. 07/08 |
3256 | Vox - Nasjonalt senter for læring i arbeidslivet | 7 764 | 9 446 | 9 852 | 4,3 |
Sum kategori 07.50 | 7 764 | 9 446 | 9 852 | 4,3 |
Regjeringa legg eit breitt syn på kunnskap til grunn for arbeidet sitt med å vidareutvikle kompetansepolitikken. Gjennom kompetansepolitikken arbeider regjeringa for at arbeidslivet skal få tilført kompetent arbeidskraft, at arbeidslivet blir meir læringsorientert, og at den einskilde får styrkt omstillingskompetansen sin og har høve til stadig å skaffe seg ny fagkompetanse.
Regjeringa vil leggje til rette for livslang læring og utvikling av arbeidslivsretta kompetanse, men òg for utvikling av kulturell og demokratisk kompetanse, slik at den einskilde aktivt kan ta del i samfunns- og arbeidsliv.
Regjeringa ønskjer ein lærande utdannings- og opplæringssektor der kunnskap av høg kvalitet skal medverke til å fornye politikk og praksis, slik at tenestene i barnehage, skole, opplærings- og utdanningsinstitusjonar held høg kvalitet.
Mål: Å styrkje kunnskapen om kompetansebehov i arbeidslivet
Noreg står overfor ei rekkje kompetanseutfordringar i åra som kjem. Kompetent arbeidskraft kan bli ein knapp ressurs, mellom anna som følgje av eldrebølgja og forholdsvis små ungdomskull. Dei yrkesaktive vil utgjere ein stadig mindre del av befolkninga. Samstundes vil vi sjå auka behov for kompetent arbeidskraft mellom anna innanfor utdannings- og forskingssektoren, helse- og omsorgssektoren og innanfor kunnskapsintensive næringar der Noreg har fortrinn. Import av kompetent arbeidskraft og mobilisering av dei som i dag er utanfor arbeidsmarknaden, kan løyse nokre, men truleg ikkje alle kompetansebehova. Det er naudsynt at arbeidslivet blir meir læringsorientert, og at offentleg sektor fornyar seg og utviklar betre og meir brukarretta tenester.
Departementet vil auke kunnskapen om korleis arbeidslivet kan bli meir læringsorientert, og om kva rolle utdanningssystemet skal ha i møte med utfordringar knytte til framtidige kompetansebehov. Vidare ønskjer departementet å styrkje og skape kontinuitet i arbeidet med kunnskapsgrunnlaget på desse områda, og vurdere korleis ein kan få betre innspel og koordinering av arbeidet med vidareutviklinga av Noreg som kunnskapsnasjon.
Mål: Alle vaksne som har behov for det, skal få opplæring i grunnleggjande dugleikar
Regjeringa ønskjer å skape eit inkluderande kunnskapssamfunn og eit arbeidsliv med rom for alle. Ingen skal bli støytt ut av eit stadig meir kunnskapsbasert arbeids- og samfunnsliv grunna manglande grunnleggjande dugleikar innanfor lesing, skriving, rekning og bruk av IKT. Alle må ha høve til å tileigne seg slike grunnleggjande dugleikar.
Resultata frå OECD-undersøkinga Adult Literacy and Lifeskill Survey (ALL), som vart lagde fram våren 2005, viste at over 400 000 personar i den vaksne befolkninga i Noreg har så svake lesedugleikar eller så dårleg forståing av tal at dei har vanskar med å møte krava i eit moderne samfunns- og arbeidsliv. Samstundes viser forsking at dei med svake dugleikar i langt større omfang enn andre er uføretrygda eller på annan måte står utanfor arbeidslivet. Mangel på grunnleggjande dugleikar er såleis eit problem både for den einskilde og for samfunnet.
Regjeringa vil halde fram med satsinga si på Program for basiskompetanse i arbeidslivet,som vart oppretta i 2006. Programmet er retta mot dei gruppene som manglar den grunnleggjande kompetansen dei treng for å fungere godt i arbeids- og samfunnslivet (sjå nærmare omtale i kap. 257).
Kommunane har ansvaret for opplæring på grunnskolenivå, men driv i liten grad med tilpassa opplæring i grunnleggjande dugleikar for vaksne. Departementet vil derfor i 2008 arbeide for å styrkje det offentlege opplæringstilbodet i grunnleggjande dugleikar og sikre eit kvalitativt godt tilbod for vaksne, jf. kap. 257.
Mål: Alle vaksne skal ha høve til å gjere informerte val
Det er eit mål at alle skal ha tilgang til kvalifisert og tilpassa rettleiing om utdanning og karriere gjennom heile livet. Individet står overfor stadig meir komplekse val når det gjeld utdanning og karriere. Val ein tek på dette området, vil vere avgjerande for trivsel, velferd og inntekt. Å gjere gode val vil seie at dei passar med personlege føresetnader og ambisjonar, og med realitetar i utdanningssektoren og i arbeidslivet. At den einskilde gjer gode og informerte val, betyr òg mykje for at utdanningssektoren og arbeidsmarknaden skal fungere optimalt, både kvar for seg og saman. Feilval kan føre til fråfall i utdanning, arbeidsløyse eller svekt motivasjon for utdanning og arbeid. I tillegg til kostnader for den einskilde fører desse problema med seg store samfunnsøkonomiske kostnader.
Karriererettleiing er blant dei viktigaste offentlege tiltaka som kan medverke til å gi den einskilde høve til å gjere informerte utdannings- og karriereval. Gjennom arbeid med informasjon, refleksjon og motivasjon søkjer karriererettleiinga å medverke til livslang læring, sysselsetjing og verdiskaping. I tillegg er inkludering og likestilling viktige målsetjingar for tilboda.
I Noreg har vi offentlege rettleiingstilbod i grunnskolen, i vidaregåande skolar, på universitet og høgskolar og i NAV. Stortinget har slutta seg til ei satsing for å styrkje, profesjonalisere og koordinere desse tilboda, jf. St.meld. nr. 16 (2006–2007)... og ingen stod igjen. Tidlig innsats for livslang læring. Departementet vil i 2008 arbeide for å følgje opp dette (kap. 256, kap. 258 og kap. 226).
Mål: Alternative læringsarenaer og -former skal gi alle vaksne som ønskjer det, høve til å delta i læring og til å utvikle evnene sine
For at kvar einskild skal kunne utvikle seg gjennom heile livet, er det naudsynt med opplæringstilbod som er tilpassa den einskilde sine behov og føresetnader for læring. Dette er særskilt viktig for vaksne ettersom dei ofte må kombinere læring med andre oppgåver og plikter. Det er særleg når utdanningstilboda synest relevante og ein praktisk kan foreine dei med jobb og familieliv, at den einskilde har høve og er motivert til å delta.
Arbeidslivet er den viktigaste læringsarenaen for vaksne arbeidstakarar. Departementet vil derfor skaffe seg kunnskap om incentivordningar som kan styrkje arbeidsplassen som læringsarena for alle (sjå kap. 257 og 258).
Departementet legg vidare stor vekt på å forbetre systemet for realkompetansevurdering slik at fleire kan få opplæring som er tilpassa dei reelle opplæringsbehova dei har.
Òg på høgre nivå har vaksne som tek etter- og vidareutdanning eit stort behov for fleksibilitet, for å kunne kombinere opplæring med arbeid eller andre plikter. Det er derfor positivt at fjernundervisningstilbodet ved universitet og høgskolar har auka i takt med utviklinga av IKT-støtta læring.
Læring for vaksne skjer ofte også i frivillig sektor, og mange vaksne nyttar seg av dei alternative undervisningstilboda som studieforbunda og fjernundervisningsinstitusjonane gir. Livslang læring handlar òg om menneskeleg utvikling og utvikling av kulturell og demokratisk kompetanse. Regjeringa støttar derfor opp om opplæringstilbod slik som folkehøgskolar, studieforbund og fjernundervisning, som eit supplement og alternativ til den læringa som finn stad gjennom det ordinære utdanningssystemet og i arbeidslivet, jf. kap. 253 og 254.
Mål: Ein lærande utdannings- og opplæringssektor
Ein lærande utdannings- og opplæringssektor krev eit godt samspel mellom forsking, politikk og praksis. Det er eit mål at førskolelærarar, lærarar og andre som underviser, utfører skoleleiing og myndigheiter på ulike nivå skal ha tilgang til, sjå relevansen av og gjere seg nytte av kunnskap av høg kvalitet. Samstundes er det viktig at forskarar og andre kunnskapsprodusentar òg får kjennskap til erfaringar og utfordringar frå praksisfeltet. Eit betre samspel vil leggje til rette for fornying og sikre kvaliteten i barnehage, skole, opplæring og utdanning. Dette perspektivet vil liggje til grunn for kommande dokument frå regjeringa, mellom anna stortingsmeldingane om evaluering av Kvalitetsreforma og om kvalitet i grunnopplæringa.
Styring, leiing og pedagogisk praksis bør i størst mogleg grad vere baserte på oppdatert kunnskap om forhold knytte til læring, utvikling og undervisning, inkludert kva for tiltak som har effekt på læringa til barn, unge og vaksne. Dette er særskilt viktig for å nå målet om sosial utjamning. Det er barn, unge og vaksne med lite læringsstøttande omgivnader som taper mest dersom praksis og utdanningspolitikk ikkje er baserte på solid kunnskap. Desse er i større grad enn andre avhengige av ressursane og kvaliteten i det offentlege utdanningssystemet.
Forsking og utviklingsarbeid skaffar til vege viktige delar av kunnskapsgrunnlaget for politikkutforming og praksis. Omfanget av forsking om utdanning er lite samanlikna med andre kunnskapsintensive sektorar. Kunnskapsproduksjonen er òg svak i den forstand at vi manglar eit tilstrekkeleg mangfald av fagdisiplinar, teoritradisjonar og forskingsmetodar på feltet. Samstundes blir kunnskapen i for liten grad systematisert og formidla til dei ulike aktørane på ein slik måte at han legg grunnlag for endringar i politikkutforming og praksis.
Departementet ønskjer no å ta tak i desse utfordringane og vil utarbeide ein heilskapleg strategi for norsk utdanningsforsking. Strategien vil famne om kunnskapsproduksjon innanfor fleire fagdisiplinar og ta for seg forskings- og utviklingsarbeid som er relevant for barnehage, grunnopplæring, høgre utdanning, utdanning for vaksne og læring i arbeidslivet. Strategien blir lagd fram våren 2008.
Som eit ledd i arbeidet med strategien vil departementet opprette eit Nasjonalt forum for utdanningsforsking. Forumet skal vere ein sentral samarbeidsarena mellom forskingsmiljø, praksisfelt, forvaltning og politikk. Forumet skal halde seg informert om kunnskapsutviklinga som er relevant for utdannings- og opplæringssektoren, og komme med forslag til strategiske prioriteringar og betre samordning av den nasjonale forskingsinnsatsen. Forumet skal setjast saman på ein slik måte at det representerer dei ulike forskingsmiljøa, departementet, Noregs forskingsråd, kommunar og fylkeskommunar, fagforeiningar samt brukarar frå praksisfeltet. Kunnskapsdepartementet vil vere sekretariat for forumet. Departementet vil òg setje i gang ei intern utgreiing av korleis kunnskapssystematisering og formidling kan betrast og organisatorisk forankrast i utdannings- og opplæringssektoren.
Regjeringa si satsing på utdanningsforsking omfattar opprettinga av eit nytt forskingsprogram i forskingsrådet, jf. kap. 226. Regjeringa vil òg vidareføre løyvingane frå programmet Kunnskap, utdanning og læring (KUL-programmet 2003–2007). Programma skal leggje til rette for større og meir robuste fagmiljø på utdanningsfeltet og medverke til å byggje utdanningsforsking som eit fleirfagleg kunnskapsfelt tufta på eit mangfald av vitskaplege teoritradisjonar og metodar, jf. kap. 226, 258 og 281. I tillegg til desse to forskingsprogramma vil departementet vidareføre programmet Praksisretta FoU for barnehage, grunnopplæring og lærarutdanning og den forskingsbaserte evalueringa av Kunnskapsløftet, jf. kap. 226 og 274. Departementet vil òg vidareføre satsinga på skoleutvikling gjennom programmet Kunnskapsløftet - fra ord til handling, jf. kap. 226. Også ei igangsetjing av eit forskingsprogram om forsking og innovasjon (FORFI) vil vere eit viktig tiltak for å auke kunnskapen på dei områda som departementet har ansvaret for.
Kap. 252 EUs handlingsprogram for livslang læring
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2006 | Saldert budsjett 2007 | Forslag 2008 |
70 | Tilskott | 141 652 | 186 646 | |
Sum kap. 252 | 141 652 | 186 646 |
Noreg deltek i EUs program for livslang læring, Lifelong Learning Programme 2007–2013 (LLP), jf. Innst. S. nr. 130 (2006–2007) og St.prp. nr. 36 (2006–2007).
LLP er eit nytt program og fører vidare og utvidar dei tidligare programma på utdanningsområdet. Det består av fire sektoraktivitetar:
førskole, grunnskole og vidaregåande opplæring (Comenius)
høgre utdanning (Erasmus)
yrkes- og fagopplæring (Leonardo da Vinci)
vaksenopplæring og alternative utdanningsvegar (Grundtvig)
Programmet skal òg støtte felt som politikkutvikling på utdanningsområdet, statistikkinnsamling, framandspråkopplæring og IKT.
Gjennom norsk deltaking i LLP får norske aktørar anledning til samarbeid med elevar, studentar, instruktørar, lærlingar, lærarar og utdanningsinstitusjonar frå alle medlemslanda i EU, EFTA-landa og kandidatlanda samt potensielle kandidatland til medlemsskap i EU. Hovudformålet med programmet er å utvikle kvaliteten, den interkulturelle dialogen og den europeiske dimensjonen i utdanningssystema i deltakarlanda.
Internasjonalisering er ein viktig del av norsk utdanningspolitikk for å stimulere til den faglege utviklinga til institusjonane, elevane og studentane. Kompetanse i språk og kunnskap om kultur er svært viktig for at det norske samfunnet, og spesielt næringslivet, skal kunne fungere i ein open verdsøkonomi, og for at nyutdanna skal vere kvalifiserte for eit stadig meir internasjonalt samfunns- og næringsliv. Regjeringa legg vekt på at Noreg skal føre ein aktiv Europa-politikk. Mellom anna skal det vere mogleg for alle studentar som tek ein universitetsgrad i Noreg, å ta delar av utdanninga i utlandet. Deltaking i EUs nye utdanningsprogram er eit viktig verkemiddel for å få til dette.
Noreg har to medlemmer i den europeiske programkomiteen for LLP. Senter for internasjonalisering av høgre utdanning (SIU) er nasjonalkontor for programmet.
For rapport om dei gamle utdanningsprogramma, sjå omtale under kap. 281 post 73 for Sokrates og Erasmus Mundus og under kap. 225 post 72 for Leonardo da Vinci.
Departementet foreslår å auke posten med om lag 45 mill. kroner som følgje av auka kontingent i 2008.
Kap. 253 Folkehøgskolar
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2006 | Saldert budsjett 2007 | Forslag 2008 |
70 | Tilskott til folkehøgskolar | 547 708 | 568 516 | 588 962 |
71 | Tilskott til Folkehøgskolerådet | 4 300 | 3 215 | 3 353 |
72 | Tilskott til nordiske folkehøgskolar | 619 | 643 | 671 |
Sum kap. 253 | 552 627 | 572 374 | 592 986 |
Post 70 Tilskott til folkehøgskolar
Under denne posten er det to tilskottsordningar: tilskott til folkehøgskolar og tilskott til folkehøgskolar med stor del av funksjonshemma elevar. Målet med tilskott til folkehøgskolar er å medverke til at det kan bli etablert og drive folkehøgskolar. Målet med tilskott til folkehøgskolar med stor del av funksjonshemma elevar er å medverke til å dekkje meirutgifter skolane har til desse elevane. Nordnorsk Pensjonistskole og Norsk senter for seniorutvikling er godkjende som folkehøgskoleliknande tiltak, og får tilskott etter folkehøgskolelova. Det er fastsett eit normtal for elevtalet ved den einskilde skolen. Elevtalet på langkurs har halde seg på om lag same nivå frå 2005 til 2006. Talet på deltakarar på kortkursa viser ein nedgang frå 2005 til 2006.
Tabell 4.10 Elevtal i folkehøgskolane 2002–06
År | 2002 | 2003 | 2004 | 2005 | 2006 |
---|---|---|---|---|---|
Elevar langkurs (vår og haust) (16,5–33 uker) | 11 878 | 12 662 | 12 924 | 12 478 | 12 582 |
Elevar kortkurs (3 dagar–16 uker) | 20 727 | 20 709 | 20 715 | 20 785 | 19 079 |
Sum elevar | 32 605 | 33 371 | 33 639 | 33 263 | 31 661 |
Årselevar langkurs | 6 260 | 6 331 | 6 358 | 6 422 | 6 407 |
Årselevar kortkurs | 1 049 | 1 045 | 1 037 | 986 | 834 |
Sum årselevar | 7 309 | 7 376 | 7 395 | 7 408 | 7 241 |
Sum godkjende årselevar/fastsett elevtal | 7 112 | 7 245 | 7 339 | 7 345 | 7 215 |
Tilskottselevar | 7 280 | 7 172 | 7 001 | 7 074 | 7 212 |
Kjelde: SSB og Folkehøgskolerådet.
Departementet har vedteke ei ny forskrift til folkehøgskolelova gjeldande frå 1. januar 2007.
Kvås folkehøgskole vart lagd ned 31. desember 2006. Løyvinga er derfor redusert i 2008.
Post 71 Tilskott til Folkehøgskolerådet
Tilskottet skal medverke til at Folkehøgskolerådet kan ivareta fellesoppgåver for folkehøgskolane og koordineringsoppgåver for Utdanningsdirektoratet. Vidare er det eit mål å medverke til at Folkehøgskolerådet kan fremme kunnskap om og utvikling innanfor skoleslaget. Rådet har i tråd med oppdrag i tilskottsbrevet gitt innstilling til fordeling av husleigetilskott, og har dessutan avlasta departementet og Utdanningsdirektoratet ved å gi råd og rettleiing til skolane.
Departementet foreslår at løyvinga blir ført vidare på same nivå som i 2007.
Post 72 Tilskott til nordiske folkehøgskolar
Målet med ordninga er å medverke til at det kan drivast nordisk folkehøgskoleverksemd.
Tilskottet går til dekning av utgifter til norske lærarressursar ved Nordiska folkehögskolan i Kungälv og til norsk deltaking på kursa ved Den Nordiske Folkehøgskolen i Genève.
Departementet foreslår at løyvinga blir ført vidare på same nivå som i 2007.
Kap. 254 Tilskott til vaksenopplæring
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2006 | Saldert budsjett 2007 | Forslag 2008 |
70 | Tilskott til studieforbund | 128 770 | 159 638 | 166 502 |
71 | Tilskott til fjernundervisning | 10 604 | 11 483 | 11 977 |
72 | Tilskott til Studiesenteret Finnsnes | 8 916 | 8 059 | 3 483 |
73 | Tilskott til vaksenopplæringsorganisasjonar | 9 938 | 10 316 | 10 760 |
Sum kap. 254 | 158 228 | 189 496 | 192 722 |
Vox – Nasjonalt senter for læring i arbeidslivet har på vegne av Kunnskapsdepartementet forvaltningsansvaret for tilskotta under kap. 254.
Post 70 Tilskott til studieforbund
Tilskott til studieforbund skal medverke til at studieforbunda og medlemsorganisasjonane deira kan tilby fleksibel og brukartilpassa opplæring for vaksne.
Det blir gitt eit særskilt tilskott til opplæring for vaksne som av ulike ikkje-økonomiske årsaker møter hindringar når det gjeld å ta del i opplæringstilbod, og som dermed treng særleg tilrettelagd opplæring. Prioriterte målgrupper er funksjonshemma, vaksne innvandrarar, personar med særleg svak førstegongsutdanning og personar med særlege omsorgsplikter.
I september 2007 la Tronutvalet fram ei offentleg utgreiing, NOU 2007:11 Studieforbund – læring for livet. Utvalet har mellom anna vurdert den rolla studieforbunda har for den einskilde, for arbeidsliv og for samfunnsliv i eit breitt perspektiv knytt til kultur, folkeopplysning, likeverd, integrering, inkludering, deltaking og demokrati. Innstillinga frå utvalet vil bli sendt på brei høring. Departementet vil vurdere tiltak etter høringa.
Studieforbunda gjennomførte om lag 39 100 kurs i 2006, med til saman over 500 000 deltakarar. Talet på kurs har minka i dei siste åra, og det var om lag 3 700 færre kurs i 2006 enn i 2005. Også talet på deltakarar og talet på kurstimar har minka. I 2006 var det om lag 88 500 færre deltakarar og om lag 74 000 færre kurstimar enn i 2005. Reduksjonen i kurstilbodet har vore ein trend gjennom fleire år. Regjeringa ønskjer å medverke til å stoppe utviklinga med redusert tilbod i regi av studieforbunda, og auka derfor løyvinga til studieforbund i 2007 med 58 mill. kroner nominelt samanlikna med saldert budsjett for 2006.
Departementet foreslår at løyvinga for 2008 blir ført vidare på same nivå som i 2007.
Post 71 Tilskott til fjernundervisning
Tilskottsordninga skal medverke til at frittståande fjernundervisningsinstitusjonar kan gi eit variert og landsomfattande tilbod.
Talet på kursfullføringar auka med 2 pst., frå 20 160 i 2005 til 20 658 i 2006. Godkjende frittståande fjernundervisningsinstitusjonar produserte i alt 3 057 000 kurstimar i 2006. Dette var ein nedgang på 3 pst. frå året før.
Departementet foreslår at løyvinga blir ført vidare på same nivå som i 2007.
Post 72 Tilskott til Studiesenteret Finnsnes
Tilskottet har medverka til drift av Kvinneuniversitetet på Hamar (tidlegare på Løten), Kvinneuniversitetet Nord og Studiesenteret Finnsnes, slik at desse institusjonane kan tilby kurs og andre vaksenopplæringstiltak som alternativ eller supplement til opplæring ved andre institusjonar.
Kvinneuniversiteta har i 2006 gjennomført kurs og seminar på ulike nivå og utanfor det formelle opplæringssystemet. Ved Kvinneuniversitetet på Hamar har 112 personar teke del i generell studiekompetanse, forkurs realfag og høgskolekurs. I tillegg har det vore om lag 400 deltakarar på ulike seminar, kurs og foredrag.
Ved Kvinneuniversitetet Nord har opplæringa i 2006 hovudsakleg skjedd utanfor det formelle skolesystemet. Dette er kompetansebygging innanfor mellom anna etablering, nettverksbygging, rettleiing på likestilling og vaksenpedagogikk. Begge kvinneuniversiteta har delteke i prosjekt- og utviklingsarbeid som er relevante for likestilling og kvinner sin situasjon.
Studiesenteret Finnsnes har i 2006 gjennomført fleire studietilbod i samarbeid med høgskolane i Troms og Finnmark, mellom anna sjukepleiarutdanning og lærarutdanning.
Departementet foreslår at tilskottet til drifta av dei to kvinneuniversiteta blir overført til Barne- og likestillingsdepartementet, kap. 846 post 73. Ei slik overføring vil betre sørgje for at verksemda til kvinneuniversiteta blir innpassa i likestillingspolitikken til regjeringa.
Departementet foreslår at løyvinga til Studiesenteret Finnsnes blir ført vidare på same nivå som i 2007.
Post 73 Tilskott til vaksenopplæringsorganisasjonar
Tilskottet skal vere med på å sikre drifta av fellesorgana for studieforbunda og fjernundervisningsinstitusjonane, Voksenopplæringsforbundet og Norsk forbund for fjernundervisning og fleksibel utdanning. Organisasjonane skal utføre fellesoppgåver for medlemsorganisasjonane og overfor departementet, og fremme kunnskap om og utvikling av fagområda. Vidare skal tilskottet medverke til drifta av det internasjonale fellesorganet International Council for Open and Distance Education (ICDE). ICDE skal byggje ut kontakten med norske fjernundervisningsmiljø og myndigheiter for å gi desse tilgang til ICDEs ekspertise og nettverk i internasjonal fjernundervisning.
Voksenopplæringsforbundet og Norsk forbund for fjernundervisning og fleksibel utdanning har fungert som kommunikasjonskanalar mellom medlemsorganisasjonane og Vox. Voksenopplæringsforbundet har hatt hovudansvaret for læringsdagene, og har stått for fordeling av reisestipend til lærarar på vaksenopplæringsfeltet.
ICDE har hovudsakleg eit internasjonalt fokus, og har i 2006 mellom anna delteke i utdanningsprosjekt i regi av FN. Departementet ser med bekymring på at eigenkapitalen til ICDE er negativ. Departementet legg til grunn at ICDE styrkjar eigenfinansieringa og gjennom dette legg grunnlaget for vidare drift. Departementet vil vurdere innrettinga og nivået på tilskottet til ICDE i statsbudsjettet for 2009.
Departementet foreslår at løyvinga blir ført vidare på same nivå som i 2007.
Kap. 255 Tilskott til freds- og menneskerettssentra o.a.
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2006 | Saldert budsjett 2007 | Forslag 2008 |
70 | Holocaustsenteret | 20 646 | 21 534 | |
71 | Falstadsenteret | 13 105 | 13 669 | |
72 | Stiftelsen Arkivet | 3 574 | 5 128 | |
73 | Norsk Fredssenter | 677 | 706 | |
74 | Nord-Norsk Fredssenter, Narvik | 1 019 | 1 063 | |
Sum kap. 255 | 39 021 | 42 100 |
Vox – Nasjonalt senter for læring i arbeidslivet har på vegne av Kunnskapsdepartementet forvaltningsansvaret for tilskotta under kap. 255.
Løyvingane til Nord-Norsk Fredssenter i Narvik, Norsk Fredssenter på Lillehammer, Stiftelsen Arkivet i Kristiansand, Falstadsenteret i Levanger i Nord-Trøndelag og Holocaustsenteret i Oslo vart frå og med budsjettåret 2007 samla på nytt kap. 255 Tilskott til freds- og menneskerettssentra o.a.
Utdanningsdirektoratet er kontakt for sentra i felles spørsmål som er aktuelle for grunnopplæringa. Det er etablert møteplass for desse. Det vart sist arrangert eit møte på Falstadsenteret i 2007 som ei vidareføring av kontakten som er etablert.
Post 70 Holocaustsenteret
Senter for studiar av Holocaust og livssynsminoritetar (Holocaustsenteret) driv verksemd knytt til forsking, undervisning og formidling på områda holocaust, folkemord, menneskerettar og minoritetsspørsmål. Holocaustsenteret skal også drifte utstillinga i Villa Grande på Bygdøy. I tillegg til allmenta og utdanningsinstitusjonar er barn og unge ei særskild målgruppe for formidlingsverksemda ved senteret. Den permanente utstillinga er ferdigstilt og vart saman med senteret offisielt opna den 23. august 2006. Dokumentasjonsavdelinga har primært arbeidd med å ferdigstille utstillinga. Etter opninga har avdelinga arbeidd med å skape best mogleg miljø for læring for dei tilsette og eksterne brukarar. Forskingsavdelinga har sett i gang og avslutta fleire forskingsprosjekt i 2006, og fleire doktorgradsstipendiatar som fekk skriveplass på senteret, er blitt integrerte i verksemda til forskingsavdelinga.
I samarbeid med Europarådet har Noreg teke på seg å etablere eit ressurssenter for arbeidet med demokrati-, menneskerettslege og interkulturelle spørsmål i skolen. Det er foreslått at dette senteret skal lokaliserast saman med Holocaustsenteret. Det vil bli sett av 6,5 mill. kroner på kap. 226 post 21 til etableringa av senteret, som skal vere i funksjon frå 2008, sjå omtale under kap. 226.
Departementet foreslår at løyvinga blir ført vidare på same nivå som i 2007.
Post 71 Falstadsenteret
Stiftinga Falstadsenteret driv eit opplærings- og dokumentasjonssenter for fangehistoria frå andre verdskrigen, samt for humanitær folkerett og menneskerettar. Tilskottet til Falstadsenteret vart i 2006 gitt over kap. 275 post 50. Aktiviteten har vore konsentrert om arbeidet med å skaffe fram materiale til ny museumsutstilling. I 2006 er det lagt ned eit stort arbeid med å oppspore sovjetiske, polske og jugoslaviske fangar. Verksemdsområdet museumsdrift og formidling har vore prega av arbeidet med å få utstillinga Ansikt til Ansikt ferdig. Transkriberinga av minnemateriale til Falstadsenteret vart avslutta i 2006. Materialet er unikt og vil ha ein viktig plass i forskings- og formidlingsaktiviteten til Falstadsenteret i åra som kjem.
I 2006 har 1 557 personar delteke på 18 ulike kurs- og undervisningsopplegg. Senteret har òg inngått avtale med Trondheim kommune og Levanger kommune om eit undervisningsopplegg for 9. klasse.
Departementet foreslår at løyvinga blir ført vidare på same nivå som i 2007.
Post 72 Stiftelsen Arkivet
Målet med tilskottsordninga er å medverke til at Stiftelsen Arkivet skjøttar rolla si som opplærings- og dokumentasjonssenter om krigshistoria, folkerett og menneskerettar og rolla som senter for fredsskapande arbeid.
Tilskottet til Stiftelsen Arkivet vart i 2006 gitt over kap. 225 post 75. Over 12 000 personar har delteke på ulike aktivitetar i 2006. Nærmare 6 500 personar har fått omvisning på Arkivet, omkring 5 000 av desse var skoleelevar. Det er utarbeidd nye undervisningsopplegg, bøker, filmar, teater, rapportar og artiklar om temaet krigshistorie. Institusjonar som Røde Kors, FN-sambandet Sør, Amnesty International, Redd Barna, Fredskorpset m.m. har saman med Stiftelsen Arkivet vore ansvarlege for meir enn 500 undervisningstimar.
Det er utarbeidd fleire forskingsrapportar om tema fred, forsoning, demokrati og menneskeverd, og fleire artiklar om dei same tema er skrivne for fagblad og aviser. I 2006 starta Stiftelsen Arkivet og Robben Island Museum i Sør-Afrika ei utveksling av omvisarar. Same år vart det underskrive ein samarbeidsavtale med Tuol Sleng Genocide Museum i Kambodsja.
Departementet foreslår ei løyving på 5,1 mill. kroner for 2008, som inneber ei styrking på 1,4 mill. kroner i høve til 2007.
Post 73 Norsk Fredssenter
Målet med tilskottsordninga er å medverke til at Norsk Fredssenter kan tilby kurs og opplæring for å fremme arbeidet for fred og menneskerettar. Tilskottet til Norsk Fredssenter vart i 2006 gitt over kap. 254 post 72. Prioritert målgruppe for Norsk Fredssenter var i 2006 unge flyktningar. Ein av hovudaktivitetane har vore prosjektet Afghanistan – håp om ei framtid. Hovudaktivitetane i prosjektet er sommarskole for afghanske unge. Norsk Fredssenter har òg i samarbeid med vaksenopplæringa i Lillehammer utført eit pedagogisk utviklingsarbeid. I prosjektet Dialog – verktøy til inkludering vart pedagogiske metodar som blir nytta av Nansen Dialog og Norsk Fredssenter, tilpassa ei gruppe flyktningar og innvandrarar ved vaksenopplæringa i Lillehammer.
Departementet foreslår at løyvinga blir ført vidare på same nivå som i 2007.
Post 74 Nord-Norsk Fredssenter, Narvik
Målet med tilskottsordninga er å medverke til at Nord-Norsk Fredssenter kan utføre dokumentasjon, formidling og kontaktskapande arbeid med utgangspunkt i den historiske konteksten Narvik står i, innanfor tema fredsbygging, mellomfolkeleg forståing og internasjonalt samarbeid.
Nord-Norsk Fredssenter har i 2006 vedteke å samarbeide med krigsminnemuseet om å opprette eit nasjonalt informasjons- og dokumentasjonssenter som skal formidle og forske vidare på russarfangar frå andre verdskrigen. Vidare har senteret arbeidd med å sikre finansieringa av stiftelsens hittil største enkeltprosjekt, Minnepark Beisfjord. Nord-Norsk Fredssenter har også arbeidd med EUs ungdomsprogram, European Volunteer Service.
Departementet foreslår at løyvinga blir ført vidare på same nivå som i 2007.
Kap. 256 Vox - Nasjonalt senter for læring i arbeidslivet
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2006 | Saldert budsjett 2007 | Forslag 2008 |
01 | Driftsutgifter | 44 602 | 39 365 | 40 243 |
21 | Særskilde driftsutgifter | 9 764 | 12 935 | 13 491 |
Sum kap. 256 | 54 366 | 52 300 | 53 734 |
Vox – Nasjonalt senter for læring i arbeidslivet skal arbeide for auka deltaking i samfunns- og arbeidsliv ved å styrkje og synleggjere kompetansen hos vaksne med særleg vekt på grunnleggjande dugleikar og realkompetanse. Vox skal utvikle, analysere og formidle kunnskap om læring hos vaksne for å tilfredsstille kompetansebehov i arbeidslivet og for kvar enkelt. Vox skal forvalte Program for basiskompetanse i arbeidslivet (BKA), jf. kap. 257, og tilskottsordningane til vaksenopplæring og freds- og menneskerettssentra, jf. kap. 254 og kap. 255.
Post 01 Driftsutgifter og post 21 Særskilde driftsutgifter
Rapport for 2006–07
Som eit ledd i arbeidet med å styrkje kunnskapen om vaksne sin læring gjennomfører Vox utvalsundersøkingar (Vox-barometeret) to gonger i året. Våren 2006 var det vaksne si haldning og erfaringar knytt til eigne grunnleggjande dugleikar som vart undersøkt. Undersøkinga viser at det er sterke motivasjonsfaktorar for opplæring knytt til forhold utanfor arbeidet, til dømes ønskje om å følgje opp skolegangen til barna. Dette er kunnskap som vil vere nyttig i det vidare arbeidet med å få fleire vaksne til å delta i opplæring i grunnleggjande dugleikar, mellom anna i vidareutviklinga av Program for basiskompetanse i arbeidslivet, jf. kap. 257.
Vox har kartlagt at det generelt er behov for ei betre forståing av formålet med realkompetansevurdering og tilrettelagd opplæring i utdanningssystemet, ei betre og meir synleg organisering av vurderingsarbeidet og ein meir strukturert dokumentasjon frå både arbeidslivet og tredje sektor. For å følgje opp resultata er det sett i gang eit prosjekt saman med fire fylke der målet er å prøve ut ulike metodiske og organisatoriske modellar som tek omsyn til behovet for tilpassa opplæring. Prosjektet skal vere avslutta i løpet av 2007 og rapport skriven tidleg i 2008.
Eit godt kunnskapsgrunnlag er naudsynt for å kunne følgje opp effekten av vaksne sin rett til vidaregåande opplæring. Statistikken over vaksne i vidaregåande opplæring er svak, og statistikkarbeid har derfor vore eit prioritert område. Saman med Statistisk sentralbyrå (SSB) og Utdanningsdirektoratet vil Vox arbeide for å betre rapporteringa.
Hausten 2007 vil eit rammeverk for opplæring i grunnleggjande dugleikar for vaksne på ulike nivå bli lagt fram for Kunnskapsdepartementet. For å hente idear og drøfte korleis ein kan leggje til rette for slik opplæring har Vox etablert samarbeid med mellom anna England og Danmark, som har nasjonale program for opplæring i grunnleggjande dugleikar. Ein del av arbeidet skjer i samband med Program for basiskompetanse i arbeidslivet.
Vox har også i 2007 utgitt Basis!. Rapporten gir status på arbeidsområda til Vox og peikar på viktige utfordringar som har komme opp i løpet av året. I 2007 blir det sett søkjelys på områda grunnleggjande dugleikar, Program for basiskompetanse i arbeidslivet, opplæring i norsk og samfunnskunnskap for vaksne innvandrarar og vaksne sin rett til grunnopplæring og realkompetansevurdering.
Frå 1. januar 2007 tok Arbeids- og inkluderingsdepartementet over det overordna ansvaret for opplæring i norsk og samfunnskunnskap for vaksne innvandrarar. Vox har ansvar for den faglege og den pedagogiske utviklinga av denne opplæringa, jf. kap. 651 post 61 i St.prp. nr. 1 (2007–2008) for Arbeids- og inkluderingsdepartementet.
Mål for 2008
Som statleg fagorgan skal Vox ta initiativ til og koordinere tiltak som gjeld vaksne sin læring og læring i arbeidslivet. Vox skal saman med Utdanningsdirektoratet og SSB styrkje statistikk- og kunnskapsgrunnlaget om vaksne sin læring, drive kunnskapsutveksling og kunnskapsspreiing nasjonalt og internasjonalt. Vox skal gjennom kunnskapsutveksling, påverknad og samarbeid med aktørane som har myndigheit, arbeide for å utvikle opplæringstilbod som er tilpassa vaksne.
Eit viktig mål er at fleire vaksne som har behov for det, skal ta del i opplæring i grunnleggjande dugleikar. Vox skal arbeide for å få ei oversikt over tilboda, og for at det blir utvikla fleire og meir varierte opplæringstilbod for vaksne i grunnleggjande dugleikar. Mellom anna skal Vox setje i verk forsøk med utvikling av tilpassa opplæringstilbod for vaksne som ikkje kan nåast gjennom tiltak retta mot arbeidsplassane.
Opplæringa skal vere av høg kvalitet og vere tilpassa behova til dei vaksne. Vox skal arbeide for at rammeverket for grunnleggjande dugleikar for vaksne blir teke i bruk, og for at lærarar som underviser vaksne, har relevant kompetanse.
Vox skal gjennom informasjon og motivasjonstiltak arbeide for at fleire vaksne som manglar grunnleggjande dugleikar, blir motiverte til å ta del i opplæring, og styrkje samarbeidet mellom relevante aktørar slik at vaksne får oppfylt retten sin til slik opplæring.
Vox skal arbeide for at systemet for vurdering av realkompetanse blir forbetra og bygd ut. Målet er at det skal vere ein felles praksis i fylkeskommunane, at fleire arbeidssøkjarar får vurdert realkompetansen sin, og at fleire får dokumentert kompetansen sin frå arbeidslivet og tredje sektor.
Å få fleire vaksne som har behov for det til å delta i opplæring, krev at den enkelte har høve til å gjere informerte val. Vox skal arbeide for at det blir utvikla betre tenester for karriererettleiing for vaksne.
Budsjettforslag for 2008
Departementet foreslår at løyvinga blir ført vidare på same nivå som i 2007. Løyvinga på post 01 kan overskridast mot tilsvarande meirinntekter på kap. 3256 post 02, jf. forslag til vedtak II nr. 1.
Kap. 3256 Vox - Nasjonalt senter for læring i arbeidslivet
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2006 | Saldert budsjett 2007 | Forslag 2008 |
01 | Inntekter frå oppdrag | 5 560 | 8 377 | 8 737 |
02 | Salsinntekter o.a. | 805 | 1 069 | 1 115 |
15 | Refusjon for arbeidsmarknadstiltak | 11 | ||
16 | Refusjon av fødselspengar/adopsjonspengar | 387 | ||
18 | Refusjon av sjukepengar | 1 001 | ||
Sum kap. 3256 | 7 764 | 9 446 | 9 852 |
Inntektene på post 01 kjem frå oppdragsverksemd ved Vox. Inntektene på post 02 kjem frå sal av læremateriell.
Kap. 257 Program for basiskompetanse i arbeidslivet
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2006 | Saldert budsjett 2007 | Forslag 2008 |
21 | Særskilde driftsutgifter , kan overførast | 24 540 | 35 421 | 36 944 |
Sum kap. 257 | 24 540 | 35 421 | 36 944 |
Program for basiskompetanse i arbeidslivet (BKA) skal sørgje for at fleire vaksne skaffar seg dei dugleikane i lesing, skriving, rekning og IKT som dei treng for å meistre krav og utfordringar i arbeids- og samfunnsliv. Det langsiktige målet, som programmet skal medverke til saman med andre tiltak, er at ingen vaksne skal bli støytte ut av arbeidslivet på grunn av manglande basiskompetanse. Programmet er retta mot å stimulere til opplæring i kombinasjon med arbeid både for arbeidstakarar og arbeidssøkjarar. Erfaringane skal nyttast i vidare vurderingar av tilbod til vaksne og av korleis det offentlege kan leggje betre til rette for å nå personar med svake kvalifikasjonar. Programmet blir forvalta av Vox, jf. kap. 256.
Rapport for 2006–07
Program for basiskompetanse i arbeidslivet vart oppretta i 2006 og vart ført vidare i 2007. Rundt 1 500 tilsette har teke del i prosjekta i 2006. Av desse var 800 mellom 40 og 59 år, og om lag 72 pst. var kvinner. 68 pst. hadde vidaregåande opplæring i yrkesfag eller grunnskole som høgste utdanning. Det tyder på at programmet har nådd ei viktig målgruppe. Det er flest deltakarar frå helse- og sosialsektoren og i offentleg forvaltning, men dei fleste bransjar er representerte.
Programmet blir evaluert av analyseselskapet ECON. Første del av evalueringa peikar på at verksemdene generelt er nøgde med programmet, men ECON kjem likevel med nokre anbefalingar knytte til innrettinga av programmet. Vox og Kunnskapsdepartementa er i gang med å følgje opp desse anbefalingane. Mellom anna peikar ECON på den store interessa for opplæring i grunnleggjande digitale dugleikar. 945 deltakarer fekk slik opplæring. Søknadene frå verksemdene tyder på at interessa for IKT-opplæring er meir etterspurd enn rein lese- og skriveopplæring. Tala kan tyde på at mange verksemder har vanskar med å motivere og rekruttere dei tilsette til å ta del i lese- og skriveopplæring, medan det er mindre problem å rekruttere til IKT-opplæring. Sluttrapporten frå evalueringa skal vere ferdig i 2008.
I 2007 vart det tildelt 4 mill. kroner til prosjekt som har inngått fagleg utviklingsarbeid saman med Vox. Vidare vart det tildelt 4 mill. kroner til prosjekt retta mot arbeidslause. Arbeids- og velferdsetaten er involvert i arbeidet. I to forsøksfylke, Hedmark og Rogaland, er det sett i verk opplæring for personar som søkjer arbeid.
Vox har gjennomført testar for å måle læringsutbyttet innanfor nokre av opplæringstiltaka. Rapporten skal vere ferdig hausten 2007.
Både kommunale tilbydarar, studieforbund og andre private aktørar er vorte nytta i opplæringa. Vox vil halde fram med å skaffe oversyn og styrkje kontakten med tilbydarane. Hausten 2007 blir det oppretta ei referansegruppe med tilbydarar av opplæring i grunnleggjande dugleikar. Gruppa skal gi innspel og tilbakemeldingar på Vox sitt arbeid med å styrkje innslaget av offentlege opplæringstilbydarar i BKA.
Våren 2007 kom det inn 208 søknader til BKA, dei fleste frå nye søkjarar og frå alle delar av landet. I første tildelinga i 2007 fekk 69 verksemder tildelt 20 mill. kroner. Eit fleirtal av søknadene gjaldt opplæringstiltak som kombinerer opplæring i IKT med styrking av dugleikane i lesing og skriving. Dei fleste tildelingane gjekk til kommunar og industriføretak.
Vox har hatt informasjonsmøte for interesserte søkjarar i heile landet og har vidare gitt faglege råd til verksemder og opplæringstilbydarar som har fått støtte, om korleis opplæringa bør drivast. Det har vore viktig å synleggjere og bevisstgjere lokale offentlege tilbydarar.
Kompetanseutviklingsprogrammet
Dei resterande midlane frå kap. 259 Kompetanseutviklingsprogrammet vart i 2006 overførde til kap. 257. Programmet er no avslutta og evaluert, og det ligg føre ein sluttrapport. Erfaringane frå programmet blir nytta i utviklinga av BKA og anna utviklingsarbeid knytt til læring i arbeidslivet.
Evalueringa syner at resultata frå programmet i hovudsak er i samsvar med intensjonane, og at midlane har nådd langt. Tilskotta frå programmet har vore avgjerande for å få utvikla utdannings- og opplæringstilbod som er tilpassa behova i arbeidslivet. Meir enn 80 000 tilsette har fått opplæring gjennom dei tiltaka som fekk støtte. Mange utdanningsinstitusjonar har fått erfaring med å utvikle og gjennomføre tilbod som er betre tilpassa behova, og fleirtalet av tiltaka er førde vidare etter at støtta frå programmet tok slutt. Programmet har medverka til å styrkje kunnskapsgrunnlaget for kompetansepolitikken. Evalueringa konkluderer mellom anna med at programmet i mindre grad har nådd fram til dei med lågast utdanning. Evalueringa peikar òg på at tid, motivasjon og ressursar er dei viktigaste barrierane for deltaking, og at desse særleg rammar arbeidstakarar med lite utdanning. Samstundes er det dei med lågast utdanning som har hatt størst utbytte av opplæringa.
Mål for 2008
På grunnlag av både den eksterne evalueringa og eige analysearbeid knytt til BKA skal Vox systematisere kunnskapen om læring i arbeidslivet og vidareutvikle programmet i tråd med behova til dei vaksne og organisering i eit moderne arbeidsliv.
Ei viktig utfordring for programmet er å motivere arbeidstakarar til å ta del i opplæringa. Eit prioritert mål for 2008 er at fleire skal delta, særskilt i lese- og skriveopplæring.
Det er eit mål at fleire bransjar er representerte i programmet, særleg dei som sysselset arbeidskraft med låg utdanning. Som ei forsøksordning vil det i 2008 vere mogleg for fagforeiningar og arbeidstakarorganisasjonar å søkje om støtte til opplæringstiltak.
Gjennom programmet skal fleire arbeidssøkjarar få opplæring i grunnleggjande dugleikar. På bakgrunn av røynslene frå pilotprosjekta skal Vox utvikle ein modell for korleis NAV, fylkeskommunar og verksemder kan samarbeide slik at fleire arbeidssøkjarar kan få slik opplæring.
Tilbodssida skal styrkjast, og målet er å få fleire offentlege tilbydarar. Opplæringa i lesing, skriving, rekning og grunnleggjande bruk av IKT skal halde høg kvalitet og vere tilpassa behova til dei vaksne. Tilboda som blir gitte gjennom BKA, skal byggje på rammeverk for grunnleggjande dugleikar.
Vox skal halde fram med arbeidet med å utvikle læringsressursar som høver for denne typen opplæring.
Departementet foreslår at løyvinga blir ført vidare på same nivå som i 2007.
Kap. 258 Analyse og utviklingsarbeid
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2006 | Saldert budsjett 2007 | Forslag 2008 |
01 | Driftsutgifter | 3 288 | 3 437 | 3 514 |
21 | Særskilde driftsutgifter , kan nyttast under post 01 | 30 963 | 33 646 | 33 646 |
Sum kap. 258 | 34 251 | 37 083 | 37 160 |
Kapitlet omfattar midlar til analysar og utviklingsarbeid innanfor utdannings-, forskings- og kompetansepolitikken.
Post 01 Driftsutgifter og post 21 Særskilde driftsutgifter, kan nyttast under post 01
Rapport for 2006–07
Løyvinga blir nytta til utgreiingar, analysar og FoU på ansvarsområdet til departementet. I 2007 utgjorde resultata frå dette arbeidet eit viktig kunnskapsgrunnlag for St.meld. nr. 16 (2006–2007).
For å styrkje det kunnskapsgrunnlaget som ligg til grunn for utarbeidinga av kompetansepolitikken, finansierer departementet fleire forskingsoppdrag, mellom anna Lærevilkårsmonitoren, som blir utført av Fafo. Undersøkinga la i 2006 særskild vekt på finansiering av kompetanseutvikling.
Departementet har vidare prioritert samanliknande studium med andre land. Mellom anna har Noreg teke del i dei to EU-undersøkingane Third Continuing Vocational Training Study og Adult Education Survey.
Departementet har utarbeidd ein tilstandsrapport for livslang læring som beskriv status og utfordringar på området. Rapporten peikar særskild på fem utfordringar som vil krevje auka merksemd i åra framover for å realisere målet om livslang læring:
For mange har for svake grunnleggjande dugleikar.
Mange manglar dokumentasjon på den kompetansen dei har, noko som hindrar deltaking i vidare læring.
Det er vanskeleg å orientere seg i val av utdanning og yrke – og mange vel feil.
Det er vanskeleg for mange å kombinere læring med andre plikter.
Delar av norsk arbeidsliv er for lite læringsorientert.
Dette er område departementet og Vox har arbeidd med og vil setje søkjelyset på i 2008.
Vox har i perioden utvikla trykte og digitale læremiddel for vaksne som treng opplæring i grunnleggjande dugleikar. Med utgangspunkt i rammeverket for opplæring i grunnleggjande dugleikar for vaksne (sjå kap. 256) vil mykje av arbeidet med opplæringstilbod, testar, kartleggingsverktøy og rettleiing for kurstilbydarar bli ferdigstilt i løpet av 2007. Eit opplegg for vidareutdanning for lærarar som skal undervise i grunnleggjande dugleikar, er under arbeid.
Vox har arbeidd for å styrkje systemet for realkompetansevurdering. Mellom anna gjennomfører Vox, i samarbeid med NAV, prosjektet Økt bruk av realkompetansevurdering for arbeidssøkere. Eit av innsatsområda var å auke bruken av fylkeskommunanes realkompetansevurdering i NAV. Tre fylke er i gang med pilotprosjekt for å kartleggje, samordne og gjere framlegg om betre rutinar for realkompetansevurdering av arbeidssøkjarar. Erfaringa så langt viser at prosjektet har ført til auka samhandling mellom NAV og fylkeskommunane.
Vox leier òg eit prosjekt som ser på korleis ein kan kartleggje og vurdere realkompetansen til innsette og domfelte som grunnlag for å utarbeide samanhengande og tilrettelagd opplæring. Prosjektet blir avslutta i 2009.
Hausten 2006 tok Vox, i samarbeid med NIFU STEP, del i arbeidet med ein tematisk gjennomgang av verdsetjing av realkompetanse i regi av OECD, Recognition of non-formal and informal learning. I tillegg til å medverke til landrapporten var Vox sentral i planlegginga og gjennomføringa av besøk frå ei ekspertgruppe som såg nærmare på korleis ulike opplæringsinstitusjonar vurderer og verdset realkompetanse. Rapporten vil vere ferdigstilt hausten 2007.
Kunnskapsdepartementet har samarbeidd med Arbeids- og inkluderingsdepartementet om å utarbeide ein samarbeidsavtale mellom Arbeids- og inkluderingsdepartementet og KS for ei betre samordning av utdannings- og arbeidsmarknadspolitikken og for å styrkje arbeidet med felles målgrupper. Denne avtalen vil liggje til grunn for fylkesvise samarbeidsavtalar mellom Arbeids- og velferdsetaten og fylkeskommunar/kommunar.
Vox har gjennomført ei undersøking i fylkeskommunane for å kartleggje omfanget av regionalt oppretta partnarskap for karriererettleiing og i kor stor grad vaksne er inkluderte i fylkeskommunens satsing på feltet. Undersøkinga viser mellom anna at det er store variasjonar med omsyn til kva fylkeskommunane oppfattar med yrkes- og utdanningsrettleiing, kva tilbodet skal innehalde, og kven som skal vere målgruppa.
Mål for 2008
Departementet vil nytte løyvingane til å få fram analysar, forsking og dokumentasjon som kan medverke til ein kunnskapsbasert politikkutvikling på heile ansvarsområdet til departementet.
Departementet vil halde fram med å auke kunnskapen om korleis ein kan få til ein velfungerande kompetansemarknad, og korleis ein kan styrkje sjansane for den einskilde til å ta del i livslang læring. Aktuelle aktørar vil bli inkluderte i arbeidet med å få fram kunnskap om kva for kompetanse den einskilde, arbeidslivet og samfunnet vil ha behov for i framtida. Departementet vil halde fram med å styrkje samarbeidet mellom utdanning og arbeidsliv på alle nivå slik at ein får fram etterspurd kompetanse.
Departementet vil i 2008 leggje vekt på å styrkje samarbeidet med andre departement om kompetansepolitiske utfordringar og medverke aktivt i relevante prosessar som er sette i gang av andre departement.
Det er eit mål for 2008 å auke kunnskapen om læring i arbeidslivet som grunnlag for politikkutvikling på området. I eit internasjonalt perspektiv kjem Noreg relativt godt ut når det gjeld læring i arbeidslivet. Men som i dei andre OECD-landa er det ei utfordring at dei med låg utdanning deltek mindre enn dei med høg utdanning.
For å få fleire vaksne til å ta del i opplæring må ein ha kunnskap om kven som tek del i opplæring, behova hos den einskilde, kunnskap om kva som finst av opplæringstilbod, kva for opplæringsopplegg som fungerer godt for dei einskilde målgruppene, og kva som er hindringane. Det er eit mål å vidareutvikle kunnskap og verktøy på dette området. Vox skal i samarbeid med SSB og andre relevante aktørar vidareutvikle og oppdatere statistikken over tilbydarar og deltakarar innanfor offentleg og privat vaksenopplæring, og identifisere område der det er behov for å styrkje innsatsen.
Departementet vil halde fram med arbeidet for å identifisere svake og sterke sider ved systemet for vurdering av realkompetanse. Vox skal arbeide for at ordninga med dokumentasjon og verdsetjing av realkompetanse blir teken i bruk meir systematisk som grunnlag for opplæring. Dette gjeld både kunnskap og dugleikar frå deltaking på kurs, gjennom frivillig arbeid og frå arbeidslivet.
Vox skal undersøkje læringsutbyttet i ulike opplæringsopplegg i grunnleggjande dugleikar og arbeide for at det blir utvikla læringsressursar. Vox skal gi tilrådingar til tilbydarar og styresmakter om kva slags opplegg som bør nyttast for dei ulike målgruppene.
Departementet skal arbeide for å forbetre utdannings- og yrkesrettleiinga og gjere ho meir tilgjengeleg for fleire brukargrupper. Departementet skal vurdere tiltak som gjeld koordinering av tilboda i ulike sektorar, og ein samla innsats for auka profesjonalisering av heile fagfeltet. Det skal òg utviklast metodar for rapportering på bruken av tilboda.
Forskingsprogrammet Kunnskap, utdanning og læring (KUL) blir avslutta i 2007, og blir følgt opp av eit nytt forskingsprogram i Noregs forskingsråd, jf. programkategori 07.50.
Departementet foreslår at løyvinga blir ført vidare på om lag same nivå som i 2007.
Programkategori 07.60 Høgre utdanning og fagskoleutdanning
Utgifter under programkategori 07.60 fordelte på kapittel
(i 1 000 kr) | |||||
---|---|---|---|---|---|
Kap. | Nemning | Rekneskap 2006 | Saldert budsjett 2007 | Forslag 2008 | Pst. endr. 07/08 |
270 | Studium i utlandet og sosiale formål for studentar | 157 727 | 181 126 | 223 714 | 23,5 |
271 | Universitet | 10 231 193 | 10 557 653 | 11 992 902 | 13,6 |
272 | Vitskaplege høgskolar | 873 983 | 908 902 | 967 089 | 6,4 |
275 | Høgskolar | 7 900 521 | 8 241 528 | 7 944 588 | -3,6 |
276 | Fagskoleutdanning | 274 705 | 285 144 | 304 083 | 6,6 |
281 | Fellesutgifter for universitet og høgskolar | 895 154 | 763 621 | 823 854 | 7,9 |
Sum kategori 07.60 | 20 333 283 | 20 937 974 | 22 256 230 | 6,3 |
Inntekter under programkategori 07.60 fordelte på kapittel
(i 1 000 kr) | |||||
---|---|---|---|---|---|
Kap. | Nemning | Rekneskap 2006 | Saldert budsjett 2007 | Forslag 2008 | Pst. endr. 07/08 |
3281 | Fellesutgifter for universitet og høgskolar | 2 529 | 10 | 10 | 0,0 |
Sum kategori 07.60 | 2 529 | 10 | 10 | 0,0 |
Innleiing
Regjeringa har som mål at Noreg skal bli eit av dei mest nyskapande og kunnskapsbaserte landa i verda. Dette krev langsiktig og målretta satsing på utdanning og forsking, og at Noreg tek aktiv del i internasjonalt utdannings- og forskingssamarbeid.
Utdanning er eit sentralt velferdsgode for den einskilde og for samfunnet. Eit breitt utdanningstilbod som spenner over ulike kunnskapsfelt og som fangar opp ulike sosiale grupper, er avgjerande for sosial utjamning og rettferd. Prinsippet om gratis utdanning og støtteordningane til Lånekassa sikrar at det er mogleg for alle å ta høgre utdanning, uavhengig av sosial bakgrunn. Samstundes er høgre utdanning og forsking naudsynt for å byggje opp menneskeleg kapital og utvikle kompetansesamfunnet. Høg kvalitet og breidd i forskinga er føresetnader for nyskaping og innovasjon. Eit godt utbygd og veldrive utdanningssystem medverkar til utviklinga av eit innovativt og kunnskapsbasert næringsliv. Høgre utdanning og forsking av høg kvalitet er derfor naudsynt for berekraftig økonomisk utvikling.
For at Noreg skal bli eit av dei mest nyskapande og kunnskapsbaserte landa i verda må universiteta og høgskolane gjere strategiske prioriteringar som støttar opp om ambisjonen. Fagskolane må lykkast med å tilby utdanningar som arbeidsmarknaden har bruk for.
Institusjonane i universitets- og høgskolesektoren har på fleire område betydeleg autonomi. Dei har mellom anna ein lovfesta akademisk fridom, organisatorisk fridom, fullmakt til å opprette eller ha eigarinteresser i aksjeselskap, og dei får nettoløyving over statsbudsjettet. Den institusjonelle autonomien er ein naudsynt føresetnad for å kunne sikre uavhengig forsking og samstundes gi institusjonane fridom til å tilpasse seg nye krav til kvalitet, relevans og auka konkurranse både nasjonalt og internasjonalt.
Regjeringas ambisjonar og målsetjingar med høgre utdanning blir synleggjorte i St.prp. nr. 1. Desse må ein sjå i samanheng med mål- og resultatstyringsmodellen som Kunnskapsdepartementet har utforma for universitet og høgskolar. Målstrukturen er utforma på eit overordna nivå for å samsvare med fridomen til institusjonane. Det er ikkje føremålstenleg for departementet å fastsetje detaljerte mål for den einskilde institusjon, med mindre særskilde forhold krevjer det. Dei konkrete måla for dei ulike institusjonskategoriane blir presenterte i tildelingsbreva. Institusjonane utarbeider eigne mål og styringsparameter, som er tilpassa institusjonen sin storleik og eigenart, innanfor den overordna målstrukturen. Rapporteringa er knytt både til dei måla departementet har sett, og dei måla institusjonane sjølve har fastsett. Departementet hentar òg inn informasjon og statistikk på andre område som er viktige å følgje over tid. Departementet sin overordna målstruktur er gjort gjeldande òg for dei private høgre utdanningsinstitusjonane som er omfatta av universitets- og høgskolelova. Målstrukturen er tilpassa at dei private institusjonane er sjølvstendige rettsubjekt og ikkje underlagt departementet si allminnelege styrings- og kontrollmyndigheit.
Finansieringa av universitet og høgskolar er delvis resultatstyrt, og finansieringssystemet er utforma for å støtte opp under dei overordna måla for sektoren. Innføringa av systemet gav eit tydelegare skilje mellom finansiering av undervisning og forsking og auka fleksibilitet til å satse strategisk. Systemet er utforma slik at det skal medverke til å auke kvaliteten, fullføringsgraden og gjennomstrømminga.
Kunnskapsdepartementet har sett følgjande mål for verksemda ved universitet og høgskolar:
Universitet og høgskolar skal gi utdanning av høg internasjonal kvalitet.
Universitet og høgskolar skal nå resultat av høg internasjonal kvalitet i forsking og i fagleg og kunstnarleg utviklingsarbeid.
Universitet og høgskolar skal møte behova i samfunnet og skal spreie og formidle resultat frå forsking og fagleg og kunstnarleg utviklingsarbeid.
Statlege universitet og høgskolar skal ha personal- og økonomiforvaltning som sikrar effektiv utnytting av ressursane.
For fagskoleutdanningar er det sett følgjande mål:
Godkjend fagskoleutdanning skal gi studentane kvalitetssikra, fleksible og arbeidsmarknadsretta utdanningstilbod som byggjer på avslutta vidaregåande opplæring eller tilsvarande realkompetanse.
Som det øvste styringsorganet ved institusjonen har styret ansvar for at måla blir følgde opp ved institusjonane. Styret skal syte for ei god strategisk utvikling, at den faglege aktiviteten held høg kvalitet, og at det blir sikra nok faglege ressursar til utdanning og forsking. Alle avgjerder i organisasjonen skjer formelt på vegner av styret, og styret skal fastsetje instruks og føre tilsyn med den daglege drifta. Styret er òg ansvarleg for rapportering og handtering av risiko. Det blir stilt krav til dei statlege institusjonane om utarbeiding av internt planverk og system med målstruktur, styringsparametrar og system for risikostyring. Dette skal vere ein integrert del av både den faglege og den administrative mål- og resultatstyringa. Institusjonane skal ha gjennomført vurderingar av risiko og vesentlege forhold i verksemda ved utarbeidinga av planar for 2008.
Universitet- og høgskolelova gir institusjonane større fridom til å avgjere eiga organisering. Tre av universiteta og dei vitskaplege høgskolane med unntak av Noregs musikkhøgskole fekk nye styre frå 1. august 2005. Universitetet i Oslo og Noregs musikkhøgskole fekk nye styre frå 1. januar 2006. Etter ein overgangsperiode har Universitetet i Agder, Universitetet i Stavanger, dei statlege høgskolane og kunsthøgskolane no fastsett styringsordning og vald nye styre frå 1. august 2007. Dei fleste institusjonane følgjer hovudmodellen med vald rektor. Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet (NTNU), Arkitekt- og designhøgskolen og høgskolane i Akershus, Buskerud, Bodø, Nesna, Sogn og Fjordane og Sør-Trøndelag har valt ordning med tilsett rektor og ekstern styreleiar. Ved kongeleg resolusjon 10. august 2007, vart det avgjort å gi Høgskolen i Agder status som universitet med verknad frå 1. september 2007. Avgjerda byggjer på vedtak i NOKUT om akkreditering av høgskolen som universitet.
Kategoriomtalen for programkategori 07.60 omhandlar sentrale tema i høve til 2007 og budsjettet for 2008 under kvart av måla for universitet og høgskolar.
Budsjettprioriteringar
Budsjettforslaget for kategori 07.60 er på om lag 22,3 mrd. kroner. Dette er ein auke på om lag 1,3 mrd. kroner i høve til saldert budsjett 2007, tilsvarande om lag 6,3 pst. auke nominelt. Det er kompensert for pris- og lønnsvekst med 4,3 pst. frå 2007 til 2008. Forslaget inneber ein realauke i høve til 2007.
Den resultatbaserte undervisningskomponenten i finansieringssystemet for universitet og høgskolar blir årleg justert for endringar i avlagde studiepoeng og talet på utvekslingsstudentar. På denne bakgrunn aukar undervisningskomponenten med 42,4 mill. kroner frå 2007 til 2008.
Regjeringa vil auke forskingskapasiteten og kvaliteten i forskinga og foreslår å løyve om lag 112 mill. kroner til 350 nye stipendiatstillingar frå hausten 2008.
For å betre utstyrssituasjonen ved høgskolane foreslår Regjeringa å løyve om lag 38 mill. kroner til utstyr i statsbudsjettet for 2008.
Regjeringa ønskjer vidare å opprette eit løp for å utdanne kandidatar som både blir spesialistar og har doktorgrad i odontologi (dobbeltkompetanse). Det blir derfor foreslått å løyve 1,3 mill. kroner til utdanninga over budsjettet til Kunnskapsdepartementet. Helse- og omsorgsdepartementet har sett av 6 mill. kroner som mellom anna skal dekkje lønn i spesialistutdanninga.
For å betre kvaliteten på og gjennomføringa av forskarutdanninga i Noreg foreslår Regjeringa å løyve midlar til nasjonale forskarskolar over budsjettet til Noregs forskingsråd, sjå programkategori 07.70.
Samlingane ved universitetsmusea representerer ei organisert kunnskapsoppbygging, og er ofte den eldste og mange gonger òg den einaste dokumentasjonen på eit bestemt område. Eit offentleg utval la våren 2006 fram ei innstilling som tilrådde å styrkje formidlinga, forskinga og arbeidet med bevaring, sikring og digitalt tilgjenge i universitetsmusea. Regjeringa foreslår å løyve om lag 40 mill. kroner til dette arbeidet i 2008.
For å følgje opp Regjeringas rekrutteringsplan innanfor Barnehageløftet foreslår Regjeringa å auke kapasiteten innanfor førskolelærerutdanninga med 125 studieplassar i 2008.
Som ledd i Regjeringas maritime strategi foreslår Regjeringa å løyve 100 mill. kroner til maritim næringsverksemd. 17 mill. kroner av desse er foreslått fordelte over budsjettet til Kunnskapsdepartementet til ulike kompetanseutviklingstiltak i maritim sektor.
Vidareutvikling av samarbeid med høgre lærestader i Nord-Amerika er særskilt prioritert dei neste åra. Regjeringa foreslår å løyve 5 mill. kroner til Nord-Amerika-samarbeid i 2008. Som ledd i Regjeringas Nordområdestrategi foreslår Regjeringa å løyve 3 mill. kroner til EnergiCampus Nord (ECN). ECN er eit samarbeidsprosjekt mellom NTNU, universiteta i Tromsø og Stavanger og høgskolane i Finnmark, Tromsø og Narvik.
I 2007 nyttar departementet om lag 40 mill. kroner til å styrkje lærarutdanninga gjennom ulike utviklingsprosjekt som starta i 2006 og 2007. Nokre av tiltaka er direkte oppfølging av NOKUT si evaluering av allmennlærarutdanninga.
Departementet foreslår å auke løyvinga til bygging av studentbustader med om lag 40 mill. kroner nominelt i høve til statsbudsjettet for 2007. Dette gir om lag 670 nye hybeleiningar avhengig av kor i landet dei blir bygde.
Oppfølging av evalueringa av Kvalitetsreforma
Kunnskapsdepartementet fekk overlevert den siste rapporten i evalueringa av Kvalitetsreforma i januar 2007. Evalueringa gir ein statusrapport for implementeringa av reforma. Evalueringa omfattar mellom anna gradsstruktur, undervisnings- og vurderingsformer, kvalitetssikringssystem, internasjonalisering, forskingsvilkår, finansieringssystem, styring, organisering og leiing.
Departementet vil i ei stortingsmelding hausten 2007 presentere og drøfte hovudutfordringane som kjem fram i evalueringa.
Mål: Universitet og høgskolar skal tilby utdanning av høg internasjonal kvalitet
Studieportefølje
Ny organisering av studiestrukturen som følgje av Kvalitetsreforma har ført til ein auke i talet på nye studietilbod innanfor ramma av bachelorprogram i dei siste åra. Høgskolane har flest studietilbod på bachelornivå.
På høgre nivå er dei tidlegare profesjonsstudia og hovudfaga i dei fleste høve no organiserte som masterstudium. Universiteta og dei vitskaplege høgskolane har oppretta få heilt nye masterstudium. Dei statlege høgskolane har auka talet på masterstudium, men det er store variasjonar mellom institusjonane. Dei fleste høgskolane har få slike studium, slik at eit mindretal av høgskolane står for ein stor del av auken. Tendensen er at høgskolane opprettar masterstudium på område der dei òg satsar på forskings- og utviklingsarbeid. Dei fleste høgskolane satsar på praksisretta FoU i profesjonsfaga.
Det var rekna med at innføringa av ny studiestruktur ved høgskolane ville føre til fagleg ekspansjon på høgre nivå ved desse institusjonane. Utviklinga av nye studieprogram kan ha vore svar på etterspurnaden frå studentane og samfunnet. Institusjonane må likevel sjå utviklinga av masterstudium i samanheng med det ansvaret dei har for grunnutdanningane.
Dei nye studia blir etablerte innanfor dei økonomiske rammene institusjonane har fått tildelt. Institusjonane må nøye vurdere behovet for fleire nye studietilbod, og om dei har økonomiske og faglege ressursar til å oppretthalde dei. Dei må òg ta omsyn til behovet for breidd framfor smale og sterkt spesialiserte studieprogram, og om planlagde nye studium inngår i den faglege profilen institusjonen har.
Læringsmål og læringsutbytte
I tida framover vil ein fokusere på det faktiske læringsutbyttet av studia, dvs. dei kunnskapane, dugleikane og den generelle kompetansen ein kandidat har ved avslutta utdanning. Dette inneber at institusjonane må fastsette læringsmål i studieplanane og i emne- og programplanane sine.
Alle land i Bologna-prosessen har bunde seg til å utarbeide nasjonale kvalifikasjonsrammeverk for høgre utdanning som er i samsvar med det overordna kvalifikasjonsrammeverket i Det europeiske området for høgre utdanning. Målet er å gjere det lettare å få godkjend kvalifikasjonane over landegrensene. Ei arbeidsgruppe med deltakarar frå Kunnskapsdepartementet, universitets- og høgskolesektoren og andre sentrale partar har utvikla forslag til eit nasjonalt kvalifikasjonsrammeverk innanfor høgre utdanning. Målet er å gjere kvalifikasjonane frå dei tre nivåa i høgre utdanning tydelegare, og å vise moglege vegar gjennom utdanningssystemet. Rapporten frå arbeidsgruppa vart overlevert til departementet i januar, og er send på brei høring i sektoren og til andre interesserte partar, med frist 1. november 2007.
Kvalitet i utdanninga og læringsmiljø
I løpet av 2008 skal NOKUT ha evaluert kvalitetssikringssystemet ved alle dei akkrediterte høgre utdanningsinstitusjonane i landet. Alle evaluerte institusjonar har etter kvart fått kvalitetssikringssystema godkjende, med unntak av Kunsthøgskolen i Oslo. Dei godkjende institusjonane har nokre område dei må forbetre og vidareutvikle. Den sakkunnige komitéen har gitt konkrete råd om kva Kunsthøgskolen i Oslo må gjere for å utvikle eit godt system og forankre kvalitetssikring i alle ledd i organisasjonen. Kunnskapsdepartementet forventar at høgskolen følgjer opp tilrådingane til NOKUT. Alle institusjonane må bruke kvalitetssikringssystema strategisk i arbeidet med å auke kvaliteten i utdanninga.
For å følgje opp NOKUT-evalueringa av allmennlærarutdanningane har Kunnskapsdepartementet gitt alle dei aktuelle institusjonane pålegg om å lage ein plan for korleis utdanningane kan rettast opp. Planane vil vere eit viktig verktøy i arbeidet med å gjere kvaliteten i allmennlærarutdanningane betre. Institusjonsleiinga har ansvar for at evalueringa blir følgt godt opp. Kunnskapsdepartementet vil i 2008 vurdere framtidig organisering av allmennlærarutdanninga og vil komme tilbake til Stortinget på eigna måte. Sjå elles omtalen av tiltak innanfor lærarutdanninga under kap. 281.
NOKUT sette hausten 2004 i gang revidering av akkrediteringa av alle bachelorgradsstudium og mastergradsstudium i sjukepleie. Av bachelorutdanningane fekk i utgangspunktet alle utanom ein institusjon pålegg om å rette opp manglar i fagplan og krav til kompetanse til dei som underviser. Styret til NOKUT vil gjere vedtak som gjeld fagplanane mot slutten av 2007, og kompetansekrava til dei som underviser i juni 2008.
Ansvaret for læringsmiljøet til studentane er lagt til lærestaden, jf. universitets- og høgskolelova. Dette gjeld òg for funksjonshemma studentar. Etter § 4-3 i lova skal læringsmiljøet så langt det er mogleg og rimeleg, ha ei universell utforming. Med dette som utgangspunkt skal lærestadene utvikle eit godt og inkluderande læringsmiljø med god studiekvalitet. Institusjonane skal utarbeide handlingsplanar for godt læringsmiljø for funksjonshemma studentar. Desse planane skal mellom anna ha tiltak som er knytte til universell utforming.
Internasjonalt utdanningssamarbeid
Internasjonalisering er både eit mål i seg sjølv og eit middel for å sikre kvalitet i høgre utdanning. Høgre utdanning er prega av aukande samhandling over landegrensene.
Regjeringa vil leggje fram ei stortingsmelding om internasjonalisering hausten 2008 med ei samla vurdering av internasjonaliseringsarbeidet i utdanningssektoren.
Senter for internasjonalisering av høgre utdanning (SIU) skal vere til hjelp for lærestadene i arbeidet med internasjonalt utdanningssamarbeid. Det blir gjort godt arbeid i sektoren med fornying av strategi, planar og avtalar.
Det er eit omfattande samarbeid gjennom verksemda i Nordisk Ministerråd og rådgjevingsgruppa for høgre utdanning. Kjerneaktivitetar er knytte til Nordplus-programmet, arbeidet for gjensidig godkjenning av høgre utdanning og avtale om tilgjenge til høgre utdanning.
Universitet og høgskolar spelar ei nøkkelrolle for å nå måla i Regjeringas Nordområdestrategi. Prioriterte aktivitetar er å støtte samarbeid om mastergradsutdanning i tilknyting til Snøkvitutbygginga, opprette eit Nordområdestipendprogram og opprette felles utdanningsprogram på masternivå mellom norske og russiske lærestader.
Gjennom EØS-avtalen tek Noreg del i EU-programma på utdannings- og forskingsområdet. Dette er dei største internasjonale samarbeidsarenaene norske universitet og høgskolar kan delta i, og det er viktig å nytte dei best mogleg. For omtale av livslang læringsprogrammet, sjå kap. 252.
Bologna-prosessen har som mål å skape eit felles europeisk område for høgre utdanning innan 2010 og omfattar 46 europeiske land. På det femte ministermøtet i prosessen i London i mai 2007 vedtok ministrane ein strategi for europeisk samhandling med resten av verda. Noreg leia gruppa som har utarbeidd denne strategien. Til det neste ministermøtet i 2009 skal ein leggje fram konkrete forslag til korleis ein ser for seg Bologna-prosessen etter 2010.
Kunnskapsdepartementet legg vekt på å gi institusjonane høve til å samarbeide med utviklingsland. Kunnskapssektoren samarbeider nært med Utanriksdepartementet og Norad om utvikling og bruk av Norads program for masterstudium (NOMA). Andre viktige tiltak er Nasjonalt program for forsking og utdanning (NUFU-programmet) og Kvoteordninga.
Kunnskapsdepartementet ønskjer å stimulere til auka samarbeid mellom lærestader i Noreg og Nord-Amerika, og kunnskapsministeren vil hausten 2007 lansere ein Nord-Amerikastrategi for perioden 2008–11.
For å følgje opp Soria Moria-erklæringa sette Regjeringa i 2006 ned eit utval for å vurdere godkjenning og godskriving av utanlandsk høgre utdanning (Brautasetutvalet). Utvalet leverte innstillinga si i januar 2007. Utvalet foreslår fleire tiltak for å få eit betre system for godkjenning, mellom anna opprette eit eige informasjonssenter for godkjenning av utanlandsk utdanning. Innstillinga var på høring våren 2007. Kunnskapsdepartementet vil følgje ho opp, delvis i samband med ein gjennomgang av universitets- og høgskolelova hausten/vinteren 2007–2008, og delvis ved å setje i verk dei ulike tiltaka utvalet foreslo for å få betre informasjon om godkjenning av utanlandsk høgre utdanning i løpet av 2008, jf. forslag om 3 mill. kroner på kap. 281.
Mål: Universitet og høgskolar skal oppnå resultat av høg internasjonal kvalitet i forsking og i fagleg og kunstnarleg utviklingsarbeid
Forsking av høg kvalitet og framifrå forskingsmiljø
Grunnforsking er avgjerande for den langsiktige innovasjonsevna og for evna til å nytte ny kunnskap. Grunnforsking er òg viktig for innovasjon på nye område der næringsliv eller teknologi ikkje er godt utvikla. Etableringa av Senter for framifrå forsking (SFF), Senter for forskingsdriven innovasjon (SFI) og verkemiddelet Yngre framifrå forskarar (YFF) er viktige prioriteringar for å utvikle framifrå forskingsmiljø og forsking av internasjonalt format. Satsinga på elitemiljøa er òg med på å motivere dei andre forskingsmiljøa til betre forsking. Satsingane har vore vellykka, og Regjeringa vil prioritere dette vidare. For nærmare omtale av SFF, SFI og YFF, sjå programkategori 07.70 Forsking.
Noreg skal satse på grunnforsking der vi har kompetansefortrinn og naturgitte fortrinn. Regjeringa legg mellom anna opp til satsing på energi, klima og miljø, mat, hav, helse og teknologi. Noregs forskingsråd har saman med fagmiljøa utvikla ein strategi for matematikk, naturfag og teknologi som Regjeringa vil følgje opp. I fordelinga av nye stipendiatstillingar er matematiske, naturvitskapleg og teknologiske fag prioriterte.
Universiteta har hovudansvaret for og utfører det meste av grunnforskinga i Noreg. Dei sikrar prioriterte satsingar og breidd i forskinga. Dette er viktig for å sikre kvaliteten i utdanningane, og for at undervisninga skal vere tilstrekkeleg forskingsbasert. Noregs forskingsråd har gjennomført fagevalueringar som alle peikar på utfordringar med mange små og fragmenterte forskingsmiljø, svak fagleg leiing og manglande langsiktig planlegging. Mange av institusjonane nyttar evalueringane i arbeidet med strategiutviklinga. Forskingsrådet og fagmiljøa nyttar tilrådingane i evalueringane i arbeidet med fagplanar. Kunnskapsdepartementet vil gå gjennom erfaringane med fagevalueringar og sjå korleis ein kan bruke dei til å utforme prioriteringar på nasjonalt nivå, slik at vi får ei formålstenleg arbeidsdeling og eit godt samarbeid mellom institusjonane.
Universiteta og dei vitskaplege høgskolane må utvikle forskingsmiljø av høg kvalitet. Universiteta må samstundes sikre breidd i forskinga. Universiteta, dei vitskaplege høgskolane og høgskolane står framfor ei utfordring med å samarbeide i større prosjekt og forskarnettverk, både innanfor eigen institusjon og mellom institusjonane. Samstundes må universiteta utvikle forskingsgrupper av høg internasjonal kvalitet på prioriterte strategiske område.
FoU ved høgskolane
Gjennom forskingsbasert undervisning skal dei statlege høgskolane sikre at Noreg får høgt kompetent personell mellom anna innanfor ingeniør-, helse-, sosial- og læraryrke. Kunsthøgskolane har ei tilsvarande rolle i høve til dei kunstnarlege profesjonane. Dei har ansvar for kunstnarleg utøving, kunstnarleg utviklingsarbeid og forsking. Tilsette med høg vitskapleg kompetanse er avgjerande for å drive forsking og FoU-arbeid. Mange av dei statlege høgskolane har låg kompetanseprofil. Høgskolane arbeider målretta med å heve kompetansen til dei tilsette, og mange av høgskolane har sett av store ressursar til formålet.
Det er eit mål at dei statlege høgskolane skal vere sentrale aktørar i regional utvikling og innovasjon og støtte næringsliv og offentleg verksemd. Fleire rapportar peikar på at høgskolane står framfor ei utfordring med å vere pådrivarar i det regionale utviklingsarbeidet og samarbeide på tvers av institusjonar for å skape meir robuste forskingsmiljø og prosjektsamarbeid. Høgskolane må òg styrkje det praksisretta FoU-arbeidet og forskinga i samanheng med profesjonsutdanningane. Gjennom å kvalifisere personalet sitt kan høgskolane i større grad enn i dag utnytte ressursane sine til FoU og sikre utdanning av høg kvalitet. Høgskolane står framfor ei utfordring med å betre resultata i FoU-verksemda. Faglege prioriteringar er viktige for å styrkje kvalitet, og redusere ei fragmentert og spreidd satsing.
Kunnskapsdepartementet har prioritert å utvikle nasjonale verkemiddel gjennom Noregs forskingsråd som skal støtte FoU, kompetanseutvikling og samarbeid i høgskolesektoren. Dette er til dømes strategiske høgskoleprosjekt (SHP) og forskingsprogrammet Praksisretta FoU for barnehagesektoren, grunnopplæring og lærarutdanning. Verkemiddel for regional FoU og Innovasjon (VRI) er viktig for å styrkje det regionale samarbeidet og blir vidareført og vidareutvikla i 2008.
Auka kapasitet gjennom rekruttering og gode forskingsvilkår
Fleire stipendiatstillingar og betre forskingsvilkår er verkemiddel for å auke forskingskapasiteten og kvaliteten i forskinga.
Regjeringa foreslår å opprette 350 nye stipendiatstillingar i 2008 for å sikre at målet i opptrappingsplanen, jf. St. meld. nr. 35 (2001–2002) Om rekruttering til undervisnings- og forskerstillinger i universitets- og høyskolesektoren, om 1100 disputasar årleg kan bli nådd. Stipendiatstillingane blir fordelte på grunnlag av forskingsomfang, -kvalitet og -resultat. To tredjedelar av stillingane som blir fordelte til universiteta, vil bli retta inn mot matematiske, naturvitskaplege og teknologiske fag. Stillingar som blir fordelte til høgskolesektoren skal særleg styrkje regional utvikling og støtte opp om praksisretta FoU i profesjonsutdanningane. Samstundes vil Noregs forskingsråd få i oppgåve å setje i verk ei nasjonal ordning med forskarskolar, jf. omtale under kategori 07.70.
Tal frå Database for statistikk om høgre utdanning(DBH) syner at institusjonane står framfor utfordringar med å redusere fråfallet i doktorgradsutdanningane og medverke til at fleire gjennomfører doktorgradsutdanninga på normert tid. Regjeringa tek i 2008 sikte på å leggje fram ei stortingsmelding for å drøfte behova for fornya satsing i rekrutteringa til forsking.
Oppdatert vitskapleg utstyr og annan infrastruktur er ein føresetnad for å auke kvaliteten i forskinga, og for å fremje norsk forsking som attraktiv i internasjonal samanheng. Det er i dag eit udekt behov for utstyr i universitets- og høgskolesektoren. Regjeringa foreslår å løyve 38 mill. kroner i 2008 til utstyr ved høgskolar.
Internasjonalt forskingssamarbeid
Universiteta og høgskolane har omfattande samarbeid med internasjonale organisasjonar, gjennom internasjonale fellessatsingar og program, og gjennom bilaterale avtalar. I dei siste åra har publikasjonar med forfattaradresse i andre land i tillegg til nasjonal forfattar auka regelmessig. I 2005 utgjorde dei meir enn halvparten av publikasjonane, og dei auka ytterlegare i 2006. Utanlandske statsborgarar står for om lag 20 pst. av doktorgradane i Noreg.
Regjeringa har som mål å auke internasjonaliseringa av forskinga. Ei sentral utfordring er å få norske forskingsinstitusjonar til å delta i europeiske forskingssamarbeid. Institusjonane, særleg universiteta og dei vitskaplege høgskolane, står framfor ei utfordring med å få meir forskingsmidlar frå EU. For perioden 2007–13 blir budsjetta til EUs rammeprogram for forsking og utvikling dobla. For omtale av forskingssamarbeid og EUs sjuande rammeprogram, sjå programkategori 7.70.
Mål: Universitet og høgskolar skal møte behova i samfunnet og skal spreie og formidle resultat frå forsking og fagleg og kunstnarleg utviklingsarbeid
Universitetsmusea
Universitetsmusea er viktige forskingsmiljø. I tillegg til å lage utstillingar for publikum, skal universitetsmusea byggje opp, drive og vedlikehalde vitskaplege samlingar. Samlingane representerer ei organisert kunnskapsoppbygging, og er ofte den eldste og mange gonger òg den einaste dokumentasjonen på eit gitt område. Etter at Riksrevisjonen i ein rapport til Stortinget hausten 2003 peika på at samlingane ikkje vart oppbevarte under gode nok tilhøve, har Kunnskapsdepartementet tildelt om lag 80 mill. kroner i ekstraordinære tildelingar til universitetsmusea. Midlane er nytta til å betre magasintilhøva og til sikring, konservering og digitalisering. Eit offentleg utval la våren 2006 fram ei innstilling som tilrådde å styrkje formidlinga, forskinga og arbeidet med bevaring, sikring og digitalt tilgjenge. Regjeringa forslår å løyve om lag 40 mill. kroner til dette arbeidet i 2008. Kunnskapsdepartementet vil leggje fram ei melding for Stortinget våren 2008 som vil drøfte spørsmåla NOU 2006: 8 Kunnskap for fellesskapet tek opp.
Innovasjon og entreprenørskap
Samspel mellom institusjonane og næringslivet og kommersialisering av forskingsresultat er viktig for å nå ambisjonen til Regjeringa om at Noreg skal vere eit av dei mest nyskapande landa i verda. Dei mest sentrale verkemidla på området er FORNY-programmet i Noregs forskingsråd, etableringa av teknologioverføringsverksemder (TTOar), VRI, Skattefunn og strategiske prosjekt mot enkeltsektorar.
Regjeringa har som mål å auke talet på kvinnelege entreprenørar. Universitet og høgskolar er viktige aktørar i arbeidet med å nå målet, og skal medverke til dette gjennom mellom anna satsingar på entreprenørskap i utdanninga, realfagsstrategien og likestilling i akademia.
Aksjeinteressene til institusjonane
Institusjonane fekk gjennom Kvalitetsreforma større fridom og høve til å medverke til innovasjon og verdiskaping ved å engasjere seg i selskap i av fagleg interesse.
Institusjonane har nytta fullmaktene sine til å opprette einingar for oppdragsforsking og selskap som skal medverke til kommersialisering av forskingsresultat. Talet på aksjeselskap som Kunnskapsdepartementet og institusjonane under departementet forvaltar aukar. Institusjonane og departementet hadde eigarinteresser i om lag 90 selskap 1. januar 2007 med eit samla kapitalinnskott på 184 mill. kroner, og er eineeigar eller dominerande eigar i 28 selskap. Kunnskapsdepartementet er i ferd med å revidere reglementet for verksemd finansiert med midlar frå bidrag og oppdrag og vil hausten 2007 sende revidert reglement på høring til institusjonane. Departementet tek sikte på å innføre nytt reglement frå 1. januar 2008. Sjå forslag til vedtak IV nr. 2. Forslaget inneber ei utviding av fullmakter til å selje aksjer.
Nærings- og handelsdepartementet har utarbeidd prinsipp for godt statleg eigarskap og felles retningslinjer for lønn og andre ytingar til leiande tilsette i alle selskap med direkte statleg eigardel, sjå St.prp. nr. 1 (2007–2008) for Nærings- og handelsdepartementet. Retningslinjene gjeld frå 2007 for selskap som institusjonane har eigarinteresser i. Kunnskapsdepartementet legg til grunn at institusjonane følgjer desse prinsippa og retningslinjene og syter for god eigarstyring av selskap der dei forvaltar staten sine eigarinteresser. Sjå omtale om kommersialisering av forskningsresultat under kategori 07.70.
Høgre utdanningsinstitusjonar som regionale aktørar
Stortinget handsama våren 2007 St.meld. nr. 12 (2006–2007) Om regionale fortrinn – regional framtid, jf. Innst. S. nr. 166 (2006–2007). Regionnivået er tiltenkt hovudansvaret for regional planlegging og utvikling. Høgskolane skal i kraft av kunnskaps- og forskingsmiljøa sine vere regionale utviklingsaktørar.
Kunnskapsdepartementet legg til grunn at forpliktande konsultasjonsordningar mellom dei statlege høgskolane og regionane blir avtalefesta, og at institusjonane legg vekt på rolla si som regionale utviklingsaktørar på alle relevante område.
Desentralisert utdanning
Eit av verkemidla for å auke kompetansen i regionane er desentralisert og fleksibel utdanning, jf. St.meld. nr. 16 (2006–2007) … og ingen sto igjen. Tidlig innsats for livslang læring. Det skal vere mogleg, for alle som er kvalifiserte og som ønskjer det, å ta høgre utdanning.
For å stimulere til utvikling og levering av fleksible studieopplegg finst det i hovudsak to tiltak retta direkte mot universitets- og høgskoleinstitusjonane: støtte til å dekkje meirkostnader til levering av desentraliserte utdanningstilbod og støtte til utvikling av fleksible studieopplegg. I 2007 vart det løyvd 16,7 mill. kroner til desentraliserte utdanningstilbod. Frå før er det lagt inn 7,8 mill. kroner i budsjettramma til statlege høgskolar i Nord-Noreg til å dekkje meirkostnader knytte til desentraliserte studietilbod. Midlar til utvikling av fleksibel høgre utdanning blir gitt gjennom Noregsuniversitetet (NUV), eit nasjonalt organ under Kunnskapsdepartementet, sjå kap. 281. Departementet foreslår å vidareføre midlane til desentralisert utdanning i 2008.
Studiesenteret.no er eit nettverk av studiesenter med 40 kommunar som eigarar. Fleire høgskolar er òg med i dette nettverket. Kvar kommune har etablert eit lokalt studiesenter der undervisninga skjer som ei blanding av direktesende forelesingar, gruppearbeid og eigne studium. Departementet legg til grunn at dei norske utdanningsinstitusjonane har ansvaret både for finansiering innanfor eigne rammer og for tilstrekkeleg kvalitet på utdanningane. Den einskilde utdanningsinstitusjonen, i samarbeid med lokale aktørar som næringsliv, kommunar og fylkeskommunar, skal vurdere kva behov den einskilde region har. Kunnskapsdepartementet ønskjer at desentraliserte studietilbod skal vere ein integrert del av verksemda ved universiteta og høgskolane. Departementet tilrår derfor ikkje eigne løyvingar til Studiesenteret.no eller liknande strukturar. Institusjonane kan velje å samarbeide med lokale studiesenter ved gjennomføringa av tilbodet.
Mål: Statlege universitet og høgskolar skal ha personal- og økonomiforvaltning som sikrar effektiv utnytting av ressursane
Personal- og økonomiforvaltning
Universiteta og høgskolane har eit omfattande samfunnsansvar og skal forvalte humankapital og økonomiske ressursar til beste for samfunnet. Styret og leiinga ved institusjonane er ansvarlege for at måla ved institusjonane blir følgde opp. Styret må derfor identifisere kva faktorar som er kritiske for måloppnåinga og vurdere kva kontrolltiltak ein bør etablere for å sikre god risikostyring. Styret skal vidare syte for sterk strategisk fagleg leiing for å ta i vare dei små forskingsmiljøa i sektoren. Det er òg viktig å syte for likevekt mellom det faglege og det administrative ressursbehovet, slik at den administrative sida har nok ressursar til å skjøtte oppgåvene sine. Styret har ansvaret for både fagleg og administrativ verksemd ved institusjonane og må sørgje for å redusere risikoen knytt til dei administrative støttesystema. Styra må difor setje fokus på gode administrative og økonomiske system med gode rutiner for kvalitetssikring og internkontroll for å støtte opp under undervisning og forsking.
Universitet og høgskolar har utarbeidd handlingsplanar for likestilling mellom anna for å betre arbeidsvilkår og har auka talet på kvinner i høgre akademiske stillingar.
Kunnskapsdepartementet har, i dialogane med institusjonane i sektoren, understreka at styret har ansvar for å gjennomføre budsjettet i samsvar med føresetnaden for løyvingane. Auken i avsetningane i sektoren har stoppa opp. Dei utgjorde 2,2 mrd. kroner per 31. desember 2006 mot 2,3 mrd. kroner per 31. desember 2005. Departementet har auka krava til spesifikasjon og grunngjeving for avsetningane i dei årlege rekneskapa.
Kunnskapsdepartementet har innført nye standardar for føring av rekneskap ved universiteta og høgskolane frå 1. januar 2007 for å betre kvaliteten og standardisere rekneskapane.
Riksrevisjonen gjennomførte i 2007 ei tverrdepartemental kartlegging av etiske retningslinjer, der eit utval av institusjonar i universitets- og høgskolesektoren var med. Institusjonane må følgje opp dei etiske retningslinjene for statstjenesta og vurdere behovet for etiske retningslinjer tilpassa storleiken og eigenarten til institusjonane.
Med innføring av ny forskrift for offentlege innkjøp frå 1. januar 2007 vart innkjøpsrutinane i institusjonane endra. Kunnskapsdepartementet legg opp til at sektoren skal innføre elektronisk innkjøpsstøttesystem frå januar 2008 for å møte dei nye krava.
Bygg og lokale
Løyvingar til byggjeprosjekt i universitets- og høgskolesektoren blir gitt over budsjettet til Fornyings- og administrasjonsdepartementet, jf. kap. 1580 og kap. 2445.
Nybygg på Evenstad for Høgskolen i Hedmark og nybygg for Noregs musikkhøgskole er ferdigstilte og offisielt opna i 2007. Vidare har Høgskolen i Buskerud teke i bruk nye lokale i Papirbredden – Drammen Kunnskapspark. Tannlege- og tannpleiarutdanningane i Tromsø har fått nye lokale ved universitetsområdet i Breivika i 2007, der Troms fylkeskommune har reist eit bygg for mellom anna klinikkdelen av utdanningane. Nytt studentsenter i Bergen står ferdig hausten 2007. Feltstasjonen for nordlysobservasjon/optisk feltstasjon ved Longyearbyen på Svalbard er òg ferdig hausten 2007.
Statsbygg har vurdert vedlikehaldssituasjonen ved Noregs idrettshøgskole. Kunnskapsdepartementet har etter dette bede Statsbygg om å prosjektere rehabilitering av nokre av bygningane ved høgskolen.
Statsbygg har starta arbeidet med å prosjektere eit nybygg for Noregs handelshøgskole til erstatning for eksisterande leigeavtale. Prosjektet vil bli finansiert som eit kurantprosjekt.
Kunnskapsdepartementet har gitt Statsbygg i oppdrag å utarbeide ein landsverneplan for dei kulturhistoriske eigedommane under ansvarsområdet til departementet. Ein forprosjektrapport er ferdig og sendt til aktuelle mottakarar. Statsbygg arbeider vidare med hovudprosjektet.
Det er framleis eit etterslep i realisering av nybygg og oppgradering og vedlikehald av eksisterande bygningsmasse i universitets- og høgskolesektoren. Samstundes utgjer bygningar og lokale ein stor utgiftspost for universitet og høgskolar. Det er derfor viktig at alle institusjonar i sektoren går nøye gjennom arealbehovet sitt, med sikte på størst mogleg kostnadseffektivitet på dette feltet.
Kunnskapsdepartementet har sett i gang eit arbeid med å aktivere bygningsmassen ved institusjonane i universitets- og høgskolesektoren. Dette gjeld institusjonar som forvaltar eigen bygningsmasse, med unntak av Universitetet i Oslo. Bygningane skal vere aktivert i den interne rekneskapen til verksemdene med balanseføring etter periodiseringsprinsippet frå 1. januar 2007, og frå 1. januar 2009 ved Universitetet i Oslo. Dette vil gi eit betre oversyn og informasjonsgrunnlag for det framtidige investeringsbehovet. Rekneskapane vil seinare vise om verksemdene held oppe verdiane dei rår over.
Regjeringa foreslår i budsjettet for 2008 følgjande løyvingar til avslutning og vidareføring av byggjeprosjekt: Universitetet i Bergen / Studentsenteret 9,6 mill. kroner, Universitetet i Oslo / Institutt for informatikk 330 mill. kroner, Universitetet for miljø og biovitskap / Sørhellingabygget 82 mill. kroner, Høgskolen i Vestfold 70 mill. kroner og bygg for Samisk høgskole med fleire 84 mill. kroner. Sjå kap. 1580 og kap. 2445 i St.prp. nr. 1 (2007–2008) for Fornyings- og administrasjonsdepartementet.
Regjeringa foreslår i budsjettet for 2008 løyvingar til utstyr og inventar for byggjeprosjekt som er under oppføring. For nærmare omtale, sjå kap. 271 post 50 og kap. 275 post 50.
NTNU og Høgskolen i Sør-Trøndelag har sett i gang utgreiingar om framtidig lokalisering for universitetet og høgskolen saman med Trondheim kommune og Studentsamskipnaden i Trondheim. Kunnskapsdepartementet, i samarbeid med institusjonane, er i ferd med å utarbeide dokumenta som skal danne grunnlag for ekstern kvalitetssikring av konseptvalet – KS1.
I St.prp. nr. 69 (2006–2007) Tilleggsbevilgninger og omprioriteringer i statsbudsjettet medregnet folketrygden 2007gjorde departementet greie for status i saka om framtidig lokalisering og organisering av Noregs veterinærhøgskole. Regjeringa vil leggje fram ei eiga sak om dette hausten 2007.
Statsbygg har sett i gang arbeid med å prosjektere rehabilitering av sentrumsbygningane ved Universitetet i Oslo. Dette gjeld Domus Media Vestfløya og Aulaen, samt Professorboligen. Regjeringa kjem attende til prosjektet i revidert nasjonalbudsjett for 2008. Siktemålet er å ferdigstille arbeidet til universitetet sitt 200-årsjubileum i 2011.
Tabellane 2.14 og 2.15 i vedlegg 2 gir oversyn over prosjekt som krev vedtak i Stortinget om startløyving etter at kostnadsramma er fastsett. For høgskolar innanfor husleigeordninga er det for desse prosjekta behov for midlar til auka husleige.
Det er godkjend kostnadsramme for byggjeprosjektet for Høgskolen i Bergen, odontologiutdanninga ved Universitetet i Bergen, prosjektet for ombygging og rehabilitering av Patologibygget i Pilestredet Park for sjukepleiarutdanninga ved Høgskolen i Oslo, sjå tabell 2.15 i vedlegg 2. Det er gjennomført ekstern kvalitetssikring av alle byggjeprosjekta.
Kunnskapsdepartementet har gjort avtale med Brødrene Jensen AS/Sameiet Jensen Eiendom om byggjetrinn II på Seilduksfabrikken, med atterhald om Stortingets samtykke, jf. forslag til vedtak IV nr. 6. Byggjetrinnet er på 24 000 m2 brutto til årleg leige per 1. juli 2007 på 47,2 mill. kroner. Bygget vil romme lokale for Fakultetet for design og Fakultetet for visuell kunst og stå ferdig første halvår 2010. Med dette vil heile Kunsthøgskolen i Oslo vere samla på ein stad.
Utbygging av ny universitetsklinikk i Trondheim er omtalt under kap. 281 post 79.
Mål: Godkjend fagskoleutdanning skal gi studentane kvalitetssikra, fleksible og arbeidsmarknadsretta utdanningstilbod som byggjer på avslutta vidaregåande opplæring eller tilsvarande realkompetanse
Stortinget vedtok i juni 2007 lov om endringar i lov 20. juni 2003 nr. 56 om fagskoleutdanning, jf. Innst. O. nr. 89 (2006–2007) og Ot.prp. nr. 39 (2006–2007). Den nye lova trådde i kraft 1. juli 2007.
Lovendringane opnar mellom anna for at godkjenningsprosessen for større fagskoletilbydarar skal bli lettare. Hovudregelen vil framleis vere at den enkelte fagskoleutdanninga blir godkjend av NOKUT, men tilbydarar skal under visse vilkår kunne få godkjenning, og med det få rett til å opprette tilbod. Samtidig blir koplinga mellom fagskoleutdanning og yrkeslivet presisert. Omgrepa «fagskole» og «fagskoleutdanning» blir beskytta og skal berre gjelde godkjende tilbydarar.
Lov om endringar i friskolelova (ny privatskolelov) vart handsama samstundes med fagskolelova, jf. Innst. O. nr. 88 (2006–2007). Ny lov trådde i kraft 1. august 2007. Med lovendringane i privatskolelova er det venta at enkelte vidaregåande skolar som tilbyr yrkesretta opplæring som ikkje blir gitt ved offentlege vidaregåande skolar (6A-skoler), vil søkje om godkjenning etter fagskolelova. Dette gjeld skolar som ligg over vidaregåande opplæringsnivå. 6A-skolar som blir godkjende etter fagskolelova vil behalde rammevilkåra ved overgangen til ny lov.
Ansvar for fagskolane vil bli overført til regionane, jf. St.meld. nr. 12 (2006–2007). Regionane har gode føresetnader for å kunne prioritere og tilpasse yrkesretta utdanning til regionalt arbeidsliv og kan sjå dette i samanheng med utdanningsprogramma i vidaregåande skole. Med slik overføring av ansvar til regionane er det naudsynt å gjere endringar i fagskolelova. Kunnskapsdepartementet legg til grunn at fagskolelova framleis skal regulere rettane til studentane, kvalitetssikring og lovbestemt styringsform. Dette gjeld både dei offentlege og dei private fagskolane. Forslag til endringar i fagskolelova knytte til oppgåveoverføringa til regionane blir sende på høring i løpet av hausten 2007.
Kap. 270 Studium i utlandet og sosiale formål for studentar
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2006 | Saldert budsjett 2007 | Forslag 2008 |
71 | Tilrettelegging av studium i utlandet | 5 016 | 5 207 | 5 431 |
74 | Tilskott til velferdsarbeid | 67 645 | 62 493 | 65 180 |
75 | Tilskott til bygging av studentbustader, kan overførast | 85 066 | 113 426 | 153 103 |
Sum kap. 270 | 157 727 | 181 126 | 223 714 |
Post 71 Tilrettelegging av studium i utlandet
Løyvinga gjeld tilskott til Fulbright-programmet. Dette er eit stipendprogram som støttar særleg kvalifiserte søkjarar i studium på master- og doktorgradsnivå i USA, og tilsvarande studentar frå USA som vil studere i Noreg. I tillegg blir det gitt stipend til forskarar frå Noreg og USA. I 2007 vart det utbetalt 5,2 mill. kroner til Fulbright-programmet. Departementet foreslår å føre vidare løyvinga på om lag 5,4 mill. kroner i 2008.
Post 74 Tilskott til velferdsarbeid
Posten omfattar tilskott til det generelle velferdsarbeidet til studentsamskipnadene, inkludert studentbarnehagar, samt tilskott til landsomfattande interesseorganisasjonar for studentar.
Målet med tilskottsordninga er å leggje grunnlag for studentvelferda ved utdanningsinstitusjonane, og fremme interessene til studentane. Velferdsarbeidet til studentsamskipnadene skal supplere det generelle velferdstilbodet elles i samfunnet og vere ein integrert del av det heilskaplege læringsmiljøet ved utdanningsinstitusjonane. Tilskottet til studentorganisasjonane skal leggje grunnlaget for arbeidet for interessene til studentar.
Tilskottet til samskipnadene blir gitt som grunntilskott, tilskott per student og tilskott per år per studentbarnehageplass. Samla vart det utbetalt om lag 67,6 mill. kroner i 2006. Av desse vart det utbetalt om lag 62,9 mill. kroner til 26 studentsamskipnader (inkludert ANSA) med om lag 200 000 medlemmer. I tillegg vart det utbetalt om lag 3,2 mill. kroner til landsomfattande interesseorganisasjonar for studentar. Vidare vart det utbetalt om lag 1,5 mill. kroner til undersøkinga av levekåra til studentar.
Departementet la fram Ot.prp. nr. 71 (2006–2007) Om lov om studentsamskipnader i juni 2007. Forslag til ny lov inneber ei vidareføring av ordninga med studentsamskipnader. Departementet foreslår å føre vidare dei viktigaste kjenneteikna ved ordninga, som prinsippet om brukarstyring og samskipnadene som sjølvstendige rettssubjekt. Med den nye lova vil departementet mellom anna gi klarare og meir utfyllande reglar om kva slags verksemd studentsamskipnadene kan drive, og om forholdet mellom departementet og studentsamskipnadene.
Departementet foreslår å vidareføre løyvinga på post 74 med 65,2 mill. kroner i 2008.
Post 75 Tilskott til bygging av studentbustader, kan overførast
Tilskottsordninga skal sikre bygging av studentbustader, samt medverke til å sikre ein rimeleg bustadsituasjon for studentar. Studentbustadane skal vere eit supplement til den private bustadmarknaden.
Rapport for 2006–07
Ved utgangen av 2006 disponerte studentsamskipnadene totalt 29 446 hybeleiningar. Det er ein auke på 448 hybeleiningar i høve til 2005. 850 hybeleiningar er lagde til rette for funksjonshemma studentar. Dette svarar til om lag 2,9 pst. av studentbustadene, og er i høve til 2005 ein auke på 97 hybeleiningar. Departementet har som føresetnad at husleiga på bustader for funksjonshemma studentar ikkje skal vere høgre enn det andre studentar betaler for ei hybeleining tilpassa ein person.
I 2007 gav departementet tilsegn om støtte til 396 nye hybeleiningar fordelte på følgjande stader: Bergen, Stavanger, Oppland, Trondheim, Ås, Buskerud og Vestfold. I tillegg vart det løyvd midlar tilsvarande 19 hybeleiningar til rehabilitering til studentsamskipnaden i Bodø. Samla gav departementet tilsegn om støtte til 415 hybeleiningar i 2007.
Samskipnadene skal, innan fire år frå tilsegnene er gitte, ha sett i gang bygginga av studentbustadene. Urealiserte tilsegner vil etter fire år bli omfordelte til andre samskipnader som kan setje i gang bygginga av studentbustader.
Husbanken har gjennomgått tilsegner gitte i perioden 1996–2005, sjå nærmare omtale i St.prp. nr. 1 (2006–2007). Gjennomgangen syner at det var fleire urealiserte tilsegner frå perioden som det ikkje er knytte konkrete prosjekt til. Husbanken har vore i kontakt med dei samskipnadene som har urealiserte tilsegner, og nokre av dei eldre tilsegnene vil ikkje bli nytta til prosjekta dei var gitte til. Departementet har derfor omfordelt 87 urealiserte tilsegner. Dei nyare tilsegnene som ikkje er realiserte, er under prosjektering og vil bli sette i gang i 2007. Departementet har bede samskipnadene om å rapportere om alle urealiserte tilsegner som det ikkje er knytte konkrete prosjekt til.
Forvaltninga av tilskottsordninga til bygging av studentbustader vart overført til Husbanken 1. januar 2004. Ei evaluering av organiseringa av tilskottsordninga er under arbeid.
Departementet finn det lite tenleg å stå som eigar av eigedomen Schultz’ gate 7 i Oslo som vart nytta til studentbustader, jf. mellom anna St.prp. nr. 1 (2006–2007) for Kunnskapsdepartementet. I tråd med tidlegare føresetnader har departementet vurdert ulike løysingar for vidare drift av eigedomen. Departementet foreslår å overdra Schultz’ gate 7 til Studentsamskipnaden i Oslo (SiO) utan vederlag, jf. forslag til vedtak IV nr. 4. Det vil vere ein føresetnad at eigedomen framleis blir nytta til studentbustader. Departementet meiner det vil vere best å forvalte eigedomen innanfor dei rammene for studentvelferd som er etablerte gjennom studentsamskipnadene. Ein legg opp til at dei som i dag bur i Schultz’ gate 7 kan halde fram å bu der ut normert studietid. Departementet vil ha ein dialog med SiO for å finne tenlege løysingar slik at dei som i dag bur på eigedomen, blir tekne omsyn til når ein skal tilpasse forvaltninga av systemet til samskipnaden. Departementet vil starte arbeidet med overføring under føresetnad om godkjenning frå Stortinget, og tek sikte på å inngå i kontrakt i starten av 2008.
Budsjettforslag for 2008
Tabell 4.11 Løyving og tilsegnsfullmakter for studentbustader i 2007–081 (i 1 000 kr)
Tilsegnsfullmakt per 31. desember 2007 | 115 000 |
Ramme for nye tilsegnsfullmakter 2008 | 153 103 |
Løyving | 153 103 |
Tilsegnsfullmakt per 31. desember 2008 | 115 000 |
1 Tabellen over gir ei oversikt over løyving og tilsegnsfullmakter for studentbustader i perioden 2007–08. Midlar til studentbustader blir normalt utbetalte over tre år. Tilsegnsfullmakta per 31. desember 2007 fortel kor store økonomiske forpliktingar Kunnskapsdepartementet har knytt til tilsegn som er gitte fram til og med 2007.
Departementet foreslår å endre finansieringsmodellen for studentbustadbygging. Endringa gjeld nye tilsegn frå 2008. Den øvre kostnadsramma i pressområda Oslo, Bergen, Trondheim og Stavanger er endra frå kr 500 000 til kr 600 000 per hybeleining. Husbanken har på oppdrag frå departementet gjort overslag som viser at Tromsø er å rekne som eit pressområde. Studentsamskipnaden i Tromsø vil derfor få ei øvre kostnadsramme på kr 600 000 per hybeleining, der kr 250 000 er fast statstilskott. Dette gjeld for eventuelle nye tilsegner frå 2008. Den øvre kostnadsramma i landet elles er endra frå kr 400 000 til kr 500 000 per hybeleining. Storleiken på tilskottet frå departementet blir ikkje endra.
Departementet foreslår å auke løyvinga til bygging av studentbustader nominelt med om lag 40 mill. kroner i høve til statsbudsjettet for 2007. Dette svarar til ei løyving på om lag 153,1 mill. kroner til bygging av studentbustader i 2008. Dette gir om lag 670 nye hybeleiningar avhengig av kor i landet dei blir bygde. Departementet understrekar at det er viktig at kvar studentsamskipnad har eit tilfredsstillande tilbod til funksjonshemma studentar.
Kap. 271 Universitet
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2006 | Saldert budsjett 2007 | Forslag 2008 |
50 | Basisfinansiering statlege universitet | 5 768 787 | 5 796 978 | 6 675 671 |
51 | Resultatbasert undervisningsfinansiering statlege universitet | 2 111 575 | 2 263 044 | 2 593 711 |
52 | Forskingsfinansiering statlege universitet | 2 350 831 | 2 497 631 | 2 723 520 |
Sum kap. 271 | 10 231 193 | 10 557 653 | 11 992 902 |
Frå og med budsjettet for 2008 er rapportering og budsjett for universiteta samla under kap. 271, med unntak for Universitetet i Agder (UiA). UiA fekk status som universitet frå 1. september 2007. Rapportering for UiA for 2007 er derfor på kap. 275 medan budsjettet for 2008 blir omtalt under dette kapitlet.
Universiteta forvaltar Noregs kultur- og kunnskapsarv, samstundes som dei inngår i eit verdsomspennande læringsfellesskap. Dei byggjer internasjonal spisskompetanse på fagområde som er avgjerande for samfunnsutviklinga i landet vårt, samstundes som dei medverkar til den globale kunnskapsutviklinga.
Universiteta har ei særleg plikt til å halde ved like og utvikle høg fagleg kompetanse til beste for samfunnet. Det moderne samfunnet blir meir avhengig av forsking og vitskap, og dette inneber at universiteta ber eit stadig større samfunnsansvar.
Gjennom fagleg overføring, kunnskapsutvikling og formidling har universiteta ansvar for å vidareutvikle Noreg som ein demokratisk og moderne kultur- og kunnskapsnasjon. Universiteta driv formidling til allmenta og gir såleis viktige bidrag til offentleg debatt. Dei samarbeider breitt med samfunns- og arbeidsliv, offentleg forvaltning og internasjonale institusjonar og organisasjonar.
Med generelt større krav frå samfunnet om nytte og resultat endrar universiteta seg. Dei har meir kontakt med samfunnet, noko som òg pregar arbeidet med studieprogram og fagportefølje. Dei byggjer ut lærarutdanninga og andre profesjonsutdanningar, og tilbyr etter- og vidareutdanning innanfor eit breitt spekter av fag og tema. Tradisjonelt har universiteta fagleg breidd og er forskingsbaserte høgre utdanningsinstitusjonar med nasjonalt ansvar for å utvikle og halde i hevd breidda i natur-, kultur- og samfunnsfag. Med tre nye universitet sidan 2005 har Noreg fått universitet som er meir fagleg spissa, med større vekt på spesialisert eller profesjonsretta kompetanse, og med sterkare regional forankring. Dette er i tråd med utviklinga internasjonalt, der ein finn ulike typar universitet. Universiteta har til saman over 88 000 registrerte studentar, inkludert UiA. Det utgjer om lag halvparten av statleg høgre utdanning i Noreg. Når ein institusjon er akkreditert som universitet, har han fullmakt til å opprette studietilbod på alle nivå.
Rapport for 2006–07
Utdanning
Søkninga til universiteta er framleis høg. I 2006 vart om lag 19 000 studieplassar ved universiteta lyste ut gjennom Samordna opptak. Om lag 41 500 søkjarar hadde prioritert studium ved eit universitet. Det utgjer 41,7 pst. av det totale talet på søkjarar til høgre utdanning.
Universiteta har gjennomgåande lågare gjennomstrøyming enn dei andre institusjonskategoriane, men avlagde studiepoeng steig markert i tida etter innføringa av Kvalitetsreforma. Frå 2005 til 2006 har talet på studiepoeng per student vore stabilt.
Det er viktig at universiteta har fokus på det kvalitetsforbetrande arbeidet ved utdanningane. I løpet av 2007 har NOKUT evaluert kvalitetssikringssystema til alle universiteta. Det står framleis att arbeid med å betre systema på bakgrunn av tilrådingane frå NOKUT. Det er viktig at universiteta brukar systemet aktivt til å utvikle kvaliteten på innhaldet i utdanninga, og at dei arbeider vidare med å forankre kvalitetsarbeidet blant dei fagleg tilsette.
Kunnskapsdepartementet tildelte utdanningskvalitetsprisen for 2007 til realfagsfakulteta ved universiteta i Oslo, Bergen og Tromsø, samt fakulteta for informasjonsteknologi, matematikk og elektroteknikk ved NTNU. Senter for entreprenørskap ved Universitetet i Oslo fekk i tillegg delt andrepris for studieemnet Gründerskolen. Ein uavhengig komité nedsett av NOKUT avgjer kven som får prisen.
Universiteta må framover særleg arbeide aktivt med studentgjennomstrøyming i utdanningane, og fortsette med å undersøkje korleis kvalitetsarbeidet ved institusjonane betrar den faktiske kvaliteten i utdanninga. Dei nye universiteta må ta i vare ansvaret sitt for profesjonsutdanningane, samstundes som dei utviklar forskingsinnsatsen.
Forskingsprofil
I 2006 stod universiteta for om lag 80 pst. av vitskapleg publisering i Noreg, og dei utdannar 94 pst. av doktorane. Universiteta hadde i 2006 ei samla ekstern finansiering på om lag 2,8 mrd. kroner, inklusive midlar frå Noregs forskingsråd. Universiteta er òg viktige samarbeidspartnarar for offentlege institusjonar som helseverksemdene og for næringslivet.
Universiteta arbeider målretta med å styrkje forskinga si. Dei vektlegg sterkare konsentrasjon og prioritering gjennom å utvikle fleire forskingsgrupper av høg internasjonal kvalitet, fleire strategiske satsingar og større prosjekt. Universiteta har etter innføringa av Kvalitetsreforma hatt fokus på å sikre tid til forsking og god forskingsbasert undervisning gjennom å ta i vare breidda i forskingsverksemda.
Universiteta må fortsette arbeidet med å konsentrere forskingsinnsatsen og utvikle forskingsmiljøa.
FoU-verksemd
Talet på årsverk fordelte på stillingskategoriar ved universiteta viser at om lag 45 pst. av undervisnings-, forskings- og rekrutteringsstillingane er professorat og førstestillingar i 2006. Om lag 18 pst. av dei tilsette i professorstillingane var kvinner. Rekrutteringsstillingane, dvs. stipendiat- og postdoktorstillingar, utgjer om lag 40 pst. av årsverka. Den sterkaste veksten i både absolutte og relative tal finn vi blant stipendiatstillingane.
Det har vore jamn stigning i talet på avlagde doktorgradar ved universiteta i dei siste åra. I 2006 vart det i følgje Doktorgradsregisteret ved NIFU STEP avlagt 837 doktorgradar ved norske universitet – noko som er rekord. Veksten frå 2005 til 2006 skriv seg i første rekkje frå NTNU. Både NTNU og Universitetet i Bergen sette rekord i avlagde doktorgradar i 2006. Universitetet i Tromsø hadde nullvekst, og ved Universitetet i Oslo var det ein nedgang frå toppåret 2005. Universiteta står òg på dette nivået framfor ei utfordring med å redusere fråfallet og medverke til at fleire gjennomfører utdanninga på normert tid.
Bortsett frå Island, har Noreg hatt ein sterkare årleg vekst i talet på publiseringar enn dei andre nordiske landa i perioden 2000 til 2004. Det er framleis vekst i publikasjonspoeng frå 2005 til 2006. Sjølv om universiteta har den største vitskaplege produksjonen, har dei svekt sin relative del frå 2005 til 2006 i høve til høgskolane.
Tildeling av ressursar til forsking frå Noregs forskingsråd (NFR) er ein indikator på korleis universiteta når opp i konkurransen om deltaking i forskingsprosjekt. Ved universiteta utgjer delen av NFR-midlane mellom 15 og 20 pst. av statstilskottet. For Universitetet i Stavanger er delen av NFR-midlar 2,8 pst. av statstilskottet i 2006.
Samarbeid med samfunns- og arbeidsliv
Samarbeid med samfunns- og arbeidsliv er ei viktig oppgåve for universitet og høgskolar. Universiteta forvaltar Noregs kulturarv og har internasjonal spisskompetanse på område som er avgjerande for samfunnsutviklinga og for Noreg som kultur- og kunnskapsnasjon. Universiteta har eit stort samfunnsansvar både når det gjeld fagleg overføring, kunnskapsutvikling og formidling.
Omfanget av verksemd finansiert gjennom bidrag og oppdrag er ein indikasjon på om universiteta og høgskolane samarbeider med omkringliggjande arbeidsliv. Delen av dei samla driftsinntektene ved universiteta som kjem frå bidrag og oppdrag har vore på om lag same nivå i perioden 2002–06.
Etter- og vidareutdanning er ein viktig del av samarbeidet. Omfanget av denne verksemda låg i 2006 på om lag same nivå som året før. Det er viktig at universiteta har god dialog med arbeidslivet med sikte på å utvikle utdanningstilbod i eit omfang og med eit innhald som sikrar arbeidslivet oppdatert og relevant kompetanse.
Når det gjeld innovasjon og nyskaping, rapporterer institusjonane om i alt 193 mottekne forretningsidear, to til fem lisensar og 15 oppstartsføretak i 2006. Dette varierer frå institusjon til institusjon. Til dømes har NTNU rapportert 99 forretningsidear, medan Universitetet for miljø- og biovitskap har meldt inn 17. Alle universiteta har etablert eige teknologioverføringssenter (TTO – Technology Transfer Office) og arbeider med å utvikle ein strategi for immaterielle rettar. Universiteta tek aktivt del i samfunnsretta formidling, til dømes gjennom deltaking i den offentlege debatten, gjennom tilbod innanfor etter- og vidareutdanning og ikkje minst gjennom formidlinga ved universitetsmusea.
Internasjonalisering
Universiteta har lagt stor vekt på arbeidet med internasjonalisering. Institusjonane har omfattande forskingssamarbeid med internasjonale organisasjonar, og dei tek del i større internasjonale forskingsprogram. I dei siste åra har publikasjonar med forfattaradresser i andre land i tillegg til nasjonale forfattarar auka. Tilsette ved universiteta står for den største delen av publiseringa. EU-midlar til forsking er ein indikator på om universiteta har nådd opp i konkurransen om deltaking i internasjonale forskingsprosjekt. I universitetssektoren utgjorde EU-midlane i overkant av ein pst. av statstilskottet både i 2005 og 2006. Samla sett hadde universiteta i 2006 ein reduksjon i EU-midlar samanlikna med 2005. Universiteta står såleis framfor ei utfordring med å sikre seg forskingsmidlar frå EU.
Etter innføringa av Kvalitetsreforma har talet på studentutvekslingar (på tre månader eller meir) hatt ein sterk auke ved universiteta. I 2006 vart det registrert totalt 4 453 studentutvekslingar eksklusive individbaserte avtalar (mot 2 615 i 2003). Av desse var det 2 445 som kom inn til landet medan 2 008 drog ut. Med unntak av Universitetet i Stavanger og Universitetet i Oslo, er det fleire som kjem inn enn som dreg ut.
Det er ei utfordring for universiteta å utarbeide tydelege strategiar for internasjonaliseringa av utdanninga, og sørgje for at alle studentar, også på bachelornivå, kan få kvalitetssikra utvekslingsopphald.
Rosenborgsaka
I desember 2006 sette Regjeringa ned eit granskingsutval som skulle sjå på det offentlege si handsaming av helseskadelege tilhøve ved dei tidlegare Rosenborglaboratoria i Trondheim. Utvalet var leia av fylkeslege i Troms, Gerd Ersdal. Medlemmer i utvalet var direktør i Statens strålevern, Ole Harbitz, sorenskrivar i Nordhordland tingrett, Mette Cecilie Greve, HMS-direktør i Posten Norge AS; Geir Riise og professor ved Klinisk Epidemiologisk Afdeling, Århus Universitet; Henrik Toft Sørensen. Med oppnemning av utvalet ønskte Regjeringa å få ein full gjennomgang av alle sider av saka og av det offentlege si handsaming. På same tid sette Kunnskapsdepartementet ned ei rådgivande medisinsk ekspertgruppe. Ekspertgruppa vart oppretta for å hjelpe departementet i oppfølginga av dei sidene av saka som gjaldt helseforhold. Gruppa er leia av professor og divisjonsdirektør i Folkehelseinstituttet, Erik Dybing. I tillegg er gruppa sett saman av nordisk ekspertise innanfor arbeidsmedisin og epidemiologi.
16. august 2007 la Granskingsutvalet fram sin rapport NOU 2007:9 Rosenborgsaken. Det offentliges håndtering av kreft hos ansatte og studenter ved Norges lærerhøgskole i Trondheim/Den allmennvitenskapelige høgskolen. Utvalet har levert ein omfattande rapport som kastar lys over dei ulike sidene av sakskomplekset.
Utvalet kjem med kritikk av korleis NTNU har handsama saka. Institusjonen fekk kritikk for ikkje å ha undersøkt saka godt nok då ho tok til i 1997. NTNU fekk òg kritikk for ikkje å har følgt opp på ein god nok måte. Utvalet kjem òg med kritikk av departementet si handsaming av saka. Utvalet finn mellom anna at departementet skulle ha gjort meir for å granske om det var årsakssamanheng mellom skade og tilhøva på laboratoria. Dette er kritikk som departementet tek svært alvorleg.
Utvalet meiner at årsakssamanhengen mellom kreftsjukdom og arbeid i Rosenborglaboratoria ikkje er tilstrekkeleg klarlagt, og utvalet tilrår at dette spørsmålet blir nærmare utgreia. Departementet har bede den medisinske ekspertgruppa om å gjere ei nærmare vurdering av spørsmålet om årsakssamanheng og gje departementet råd om korleis tilrådingane til granskingsutvalet kan følgjast opp på best mogleg måte. Departementet har òg bede ekspertgruppa vurdere om det kan ha vore svikt i det fysiske arbeidsmiljøet ved andre statlege universitet og høgskolar, og vurdere dei medisinske risikofaktorane ved denne typen undervisnings- og forskingsverksemd. Ekspertgruppa har teke initiativ overfor Kreftregisteret til å få oppdatert tidlegare datamateriale om kreftdødelighet i norske biomedisinske forskingslaboratorium.
Ein rapport frå ekspertgruppa er venta innan utgangen av 2007.
Kunnskapsdepartementet har vurdert det slik at ein må differensiere eventuelle nye krav om erstatning i høve til sjukdom og tilknytinga til laboratorium. Departementet vurderer det òg slik at krav på erstatning som er knytt til andre laboratorium enn Rosenborglaboratoria, eller som gjeld andre krefttypar enn hematologisk kreft, skal bli handsama på vanleg måte etter reglane om yrkesskade.
Kunnskapsdepartementet vil følgje opp vurderinga frå Granskingsutvalet, slik at eventuelle nye erstatningskrav som har samanheng med Rosenborglaboratoria og som gjeld hematologisk kreft, ikkje vil bli handsama før spørsmålet om årsakssamanheng er nærmare utgreidd. Vurderinga av om ein skal gjere ein ny gjennomgang av forlik som allereie er inngått, vil òg vente til dette spørsmålet er avklara.
I tråd med tilrådingane i rapporten frå Granskingsutvalet, tek Kunnskapsdepartementet sikte på å sluttføre forliksforhandlingane i to saker der forhandlingar hadde tatt til før granskingsutvalet vart nedsett.
Kunnskapsdepartementet vil komme tilbake til Stortinget med ein heilskapleg presentasjon av saka i løpet av 2008.
Post 50 Basisfinansiering statlege universitet
Posten inneheld midlar til basisfinansiering av universiteta. Basisfinansieringa skal, saman med den resultatbaserte undervisningsfinansieringa og forskingsfinansieringa, setje institusjonane i stand til å utføre oppgåvene sine og sikre stabilitet og langsiktig tenking. Basisfinansieringa omfattar løyvingar til undervisning, forsking og formidling.
Budsjettforslag for 2008
Undervisning
Det vart i 2006 tildelt 12,5 mill. kroner til 500 nye studieplassar innanfor allmennlærar-, førskolelærar-, faglærar-, yrkesfaglærar- og praktisk-pedagogisk utdanning. I samband med dette er det lagt inn 7 mill. kroner i heilårsverknad og vidareføring av studieplassane ved universiteta i 2008.
NTNU administrerer ordninga med kjøp av studieplassar i medisin i utlandet. I samband med avviklinga av ordninga er det auka opptaket på ordinære studieplassar i medisin på 15 studieplassar ved Universitetet i Tromsø og 20 studieplassar ved NTNU ført vidare. Budsjettramma ved den einskilde institusjonen er justert i tråd med dette.
I statsbudsjettet for 2004 vart det løyvd midlar til oppstart av ei ny odontologiutdanning ved Universitetet i Tromsø. Opptaket til utdanninga har gradvis auka til 40 studentar frå 2007. Helse- og omsorgsdepartementet gir tilskott til utvikling, etablering og drift av det odontologiske kompetansesenteret i Tromsø. Senteret er eit viktig element i oppbygginga av den nye utdanningsstaden for tannlegar. I samband med ny odontologiutdanning foreslår Regjeringa å auke løyvinga til Universitetet i Tromsø med 16,8 mill. kroner i 2008.
I samband med utvidinga av siviløkonomutdanninga til fem år, foreslår Regjeringa å auke løyvinga til Universitetet i Agder med kr 465 000 i 2008.
For å følgje opp Regjeringas rekrutteringsplan innanfor Barnehageløftet foreslår Regjeringa å auke kapasiteten innanfor førskolelærarutdanninga med 125 studieplassar. Regjeringa foreslår at universiteta i Agder og Stavanger, samt høgskolane i Oslo, Vestfold, Hedmark, Telemark, Bergen og Tromsø, omdisponerer til saman 100 studieplassar innanfor eigne budsjettrammer.
Høgskolen i Agder har vorte akkreditert som universitet, med verknad frå 1. september 2007. Regjeringa foreslår derfor å styrkje løyvinga på kap. 271 post 50 med 480,3 mill. kroner mot ein tilsvarande reduksjon på kap. 275 post 50.
Forsking
Helse- og omsorgsdepartementet la fram ny lov om medisinsk og helsefagleg forsking våren 2007, jf. Ot.prp. nr. 74 (2006–2007). Lova skal medverke til å effektivisere forvaltninga og redusere forskingsadministrasjonen ved at dei regionale forskingsetiske komitéane (REK) blir koordinerande ledd og får nye, sjølvstendige forvaltningsoppgåver. For 2008 foreslår Regjeringa å løyve 5 mill. kroner til dei regionale forskingsetiske komitéane til å førebu iverksetjing av helseforskingslova. Frå 2009 blir det lagt til grunn ei årleg utgift på 15 mill. kroner, som også skal dekkje utgifter til oppgåver som i dag blir utført av Sosial- og helsedirektoratet. Dei auka kostnadene for 2008 er likt fordelt mellom Kunnskapsdepartementet og Helse- og omsorgsdepartementet, jf. St.prp. nr. 1 (2007–2008) for Helse- og omsorgsdepartementet. Regjeringa foreslår på denne bakgrunnen å auke løyvinga til universiteta med 5 mill. kroner i 2008.
Kunnskapsdepartementet, NTNU og Kavli Foundation vart i august 2007 samde om å opprette eit Kavli-institutt for nevrovitskap ved NTNU. Det nye instituttet vil sikre gode vilkår for vidareutvikling av eit sterkt fagmiljø ved NTNU. Kunnskapsdepartementet, NTNU og Kavli Foundation skal alle medverke til finansieringa av instituttet. Regjeringa foreslår på denne bakgrunnen å auke løyvinga til NTNU med 2,29 mill. kroner i 2008.
I samband med statsbudsjettet for 2007 vart det innført avgift på utslepp av NOx. Universitetet i Tromsø og NTNU får auka kostnader knytte til drift av fartøya «FF Jan Mayen» og «FF Gunnerus». Regjeringa foreslår derfor å auke løyvinga til NTNU og Universitetet i Tromsø med til saman 1,35 mill. kroner i kompensasjon for NOx-avgift på forskingsfartøy i 2008.
Regjeringa foreslår å løyve om lag 40 mill. kroner til dei universiteta som har ansvar for universitetsmuseum, til bevaring og sikring av samlingane ved universitetsmusea. Det blir foreslått å fordele løyvinga med om lag 18 mill. kroner til Universitetet i Oslo, om lag 8 mill. kroner til Universitetet i Bergen, om lag 8 mill. kroner til NTNU og om lag 6 mill. kroner til Universitetet i Tromsø.
Bygg og lokale
I samband med at universitetsfunksjonen ved Akershus Universitetssjukehus (AHUS) er gjenoppretta, foreslår Regjeringa å løyve dei resterande 33,2 mill. kroner i utstyrsmidlar i 2008.
Regjeringa foreslår å løyve 56 mill. kroner til utstyr til ny universitetsklinikk i Trondheim for byggjefase 2 i 2008. Departementet legg til grunn ei samla utstyrsramme for byggjefase 2 på 227 mill. kroner, og foreslår ei fordeling over tre år med 56 mill. kroner i 2008, 113 mill. kroner i 2009 og 58 mill. kroner i 2010. Regjeringa foreslår på denne bakgrunnen å auke løyvinga for NTNU til utstyr for den andre byggjefasen av den nye universitetsklinikken med 56 mill. kroner i 2008, jf. også omtale av utbygginga av universitetsklinikken på kap. 281 post 79.
I statsbudsjettet for 2006 vart det gitt startløyving til rehabilitering av Sørhellingabygget ved Universitetet for miljø- og biovitskap. Departementet har lagt til grunn ei utstyrsramme på 30,7 mill. kroner fordelt over to år. I 2007 vart det løyvd 15,4 mill. kroner til utstyr. Regjeringa foreslår ei løyving på 15,3 mill. kroner til utstyr for Sørhellingabygget i 2008.
I samband med handsaminga av revidert nasjonalbudsjett for 2005 fekk bygg for informatikk (IFI 2) ved Universitetet i Oslo startløyving. Departementet har lagt til grunn ei utstyrsramme på 170,4 mill. kroner fordelt over tre år med 28,2 mill. kroner i 2007, 100 mill. kroner i 2008 og 42,2 mill. kroner i 2009. Regjeringa foreslår på denne bakgrunnen å auke utstyrsløyvinga til IFI 2 med 71,8 mill. kroner i 2008 i høve til 2007.
Post 51 Resultatbasert undervisningsfinansiering statlege universitet
Posten omfattar resultatbaserte midlar til undervisning ved universiteta. Løyvinga på posten skal saman med basistilskottet finansiere undervisninga ved institusjonane og stimulere institusjonane til å nå dei måla som er sette for undervisning og studietilbod.
Gjennomsnittleg avlagde studiepoeng per student ved universiteta heldt seg på om lag same nivå i 2006 som i 2005.
Det var ein liten auke i talet på utvekslingsstudentar ved universiteta frå 2005 til 2006.
Høgskolen i Agder er akkreditert som universitet med verknad frå 1. september 2007. Regjeringa foreslår derfor å styrkje løyvinga på kap. 271 post 51 med 202,4 mill. kroner mot ein tilsvarande reduksjon på kap. 275 post 51.
Resultatbasert undervisningsfinansiering for universiteta aukar med 33,7 mill. kroner i statsbudsjettet for 2008.
Post 52 Forskingsfinansiering statlege universitet
Posten inneheld midlar til strategisk forskingsløyving og midlar knytte til den resultatbaserte omfordelinga av forskingsmidlar. Den strategiske forskingsløyvinga inneheld midlar til finansiering av stipendiatstillingar, særskilde midlar til vitskapleg utstyr og andre løyvingar.
Det er ulik grad av resultatoppnåing på dei ulike indikatorane mellom institusjonane, og blant universiteta er det særleg Universitetet i Oslo og Universitetet for miljø og biovitskap som har gode resultat i omfordelinga. Endringar som følgjer av den resultatbaserte omfordelinga av forskingsmidlar i finansieringssystemet for universitet og høgskolar, gjer at løyvinga på post 52 er redusert med 3,3 mill. kroner i 2008.
Regjeringa foreslår å auke løyvinga på kap. 271 post 52 med 86,4 mill. kroner til 270 stipendiatstilingar ved universiteta frå hausten 2008. To tredelar av stipendiatstillingane skal nyttast til satsingar og strategiar innanfor MNT-faga.
Høgskolen i Agder vart akkreditert som universitet, med verknad frå 1. september 2007. Regjeringa foreslår derfor å styrkje løyvinga på kap. 271 post 52 med 46,6 mill. kroner mot ein tilsvarande reduksjon på kap. 275 post 52.
Oversikt over løyvingsforslaget
Tabell 2.19 i vedlegg 2 viser fordeling av forslag til løyving på institusjonar.
Kap. 272 Vitskaplege høgskolar
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2006 | Saldert budsjett 2007 | Forslag 2008 |
50 | Basisfinansiering statlege vitskaplege høgskolar | 501 158 | 522 782 | 552 239 |
51 | Resultatbasert undervisningsfinansiering statlege vitskaplege høgskolar | 185 556 | 196 140 | 204 257 |
52 | Forskingsfinansiering statlege vitskaplege høgskolar | 141 616 | 138 096 | 154 610 |
70 | Basisfinansiering private vitskaplege høgskolar | 17 396 | 16 714 | 17 433 |
71 | Resultatbasert undervisningsfinansiering private vitskaplege høgskolar | 17 418 | 20 794 | 23 752 |
72 | Forskingsfinansiering private vitskaplege høgskolar | 10 839 | 14 376 | 14 798 |
Sum kap. 272 | 873 983 | 908 902 | 967 089 |
Kapitlet inneheld mål og budsjettforslag for dei vitskaplege høgskolane.
Dei vitskaplege høgskolane er fagleg smale og spesialiserte institusjonar. Dei oppfyller funksjonen sin ved å vere forskingsbaserte og profesjonsorienterte. Desse utdanningsinstitusjonane har eit særskilt ansvar innanfor fagporteføljen sin, og tilbyr i hovudsak integrerte studieløp til masternivået og doktorgradsprogram innanfor forskings- og fagområda sine. Vitskaplege høgskolar kan utan akkreditering frå NOKUT opprette studietilbod innanfor sitt eige spesialområde. Ved å kombinere teoretisk fundert kunnskapsutvikling, profesjonsnær fagutvikling og forsking har dei vitskaplege høgskolane ei viktig nasjonal rolle for kunnskapsoppbygging og samfunnsutvikling. Gjennom kunstnarleg eller forskingsbasert fagleg utvikling har fleire av dei vitskaplege høgskolane fått eit godt internasjonalt omdømme.
Rapport for 2006–07
Utdanning
På dei fleste områda har kvalitetssikringssystema ved dei vitskaplege høgskolane no komme i ein driftsfase. Framleis står det att arbeid med å forankre kvalitetssikringssystemet betre i arbeidet til dei fagleg tilsette. Det er òg viktig at institusjonane er opptekne av det kvalitetsforbetrande arbeidet ved utdanningane, og at dei undersøkjer korleis kvalitetsarbeidet ved institusjonane verkar på den faktiske kvaliteten i utdanninga. I løpet av 2007 har NOKUT evaluert kvalitetssikringssystema ved alle dei vitskaplege høgskolane. Departementet forventar at institusjonane gjer forbetringar av desse systema på bakgrunn av tilrådingane frå sakkunnig komité.
Søkninga til dei vitskaplege høgskolane er framleis høg. I 2006 vart om lag 950 studieplassar ved dei vitskaplege høgskolane lyste ut gjennom Samordna opptak. Om lag 4 100 søkjarar hadde prioritert studium ved ein vitskapleg høgskole. Det utgjer om lag fire pst. av det totale talet på søkjarar. Det totale opptaket ved desse institusjonane var på 2 551 studentar, noko som inneber ein svak auke frå 2005. Talet på registrerte studentar ved dei vitskapelege høgskolane var 5 772 i 2006 mot 5 673 i 2005.
Dei vitskaplege høgskolane har høg gjennomstrøyming samanlikna med dei andre institusjonskategoriane, noko som tyder på god studiekvalitet.
Noregs musikkhøgskole fekk delt andrepris i Kunnskapsdepartementet sin Utdanningskvalitetspris for 2007 for prosjektet Kammermusikk – eit tverrfagleg samarbeidsprosjekt.
Forskingsprofil
I 2006 stod dei vitskaplege høgskolane for om lag fire pst. av dei vitskaplege publiseringane i Noreg. To av dei seks vitskaplege høgskolane driv kunstnarleg utviklingsarbeid som ikkje blir rekna inn i oversikta. Dei vitskaplege høgskolane utdanna om lag fem pst. av doktorane i 2006.
Dei vitskaplege høgskolane har svært ulik fagprofil, men dei har til felles at dei har spisskompetanse på sine felt, dei er forskingsbaserte og profesjonsorienterte, og dei har rett til å tildele doktorgrad. Dei arbeider målretta med å styrkje forskings- og utviklingsarbeidet sitt og vektlegg sterkare konsentrasjon og fleire strategiske satsingar.
Arkitektur- og designhøgskolen og Noregs musikkhøgskole skil seg frå dei andre vitskaplege høgskolane. Dei driv mellom anna kunstnarleg utviklingsarbeid, og er ikkje med i den resultatbaserte forskningsdelen av finansieringssystemet, med unntak av den delen som omfattar doktorgradar.
FoU-verksemda
Fagpersonalet ved dei vitskaplege høgskolane har ein kompetanseprofil som er svært lik den universiteta har. Førstestillingar og professorstillingar utgjer om lag halvparten av dei vitskaplege årsverka. Dei vitskaplege høgskolane har færre kvinner i desse stillingane enn universiteta. Særleg gjeld dette for professorat, der universiteta har om lag 18 pst., medan dei statlege vitskaplege høgskolane har under 12 pst. Det teologiske Menighetsfakultetet hadde i 2006 ingen kvinnelege professorar. Når det gjeld stipendiatstillingane har universiteta relativt sett færre kvinner enn dei vitskaplege høgskolane. Det har vore ein auke i talet på avlagde doktorgradar ved dei vitskaplege høgskolane, frå 36 i 2005 til 45 i 2006, men talet på kvinner har gått ned. Dei vitskaplege høgskolane står framfor ei særleg utfordring med å rekruttere fleire kvinner for høgre vitskaplege stillingar.
Omfanget av publikasjonspoeng for kategorien statlege vitskaplege høgskolar har gått noko ned. Det teologiske Menighetsfakultetet hadde ein relativt stor nedgang, men ein må sjå dette i samanheng med at publiseringsverksemda deira var svært stor i 2005.
Dei statlege vitskaplege institusjonane har hatt ein liten auke i den delen av budsjettet som kjem frå Noregs forskingsråd. Noregs veterinærhøgskole står for den største delen av desse midlane. Ved denne høgskolen tilsvarar midlar frå Noregs forskingsråd nærmare 23 pst. av statstilskottet, medan gjennomsnittet for vitskaplege høgskolar totalt ligg på om lag 7 pst.
Dei vitskaplege høgskolane må halde fram med å utvikle FoU-arbeidet.
Samarbeid med samfunns- og næringsliv
Samarbeid med samfunns- og arbeidsliv er ei viktig oppgåve for universitet og høgskolar. Omfanget av verksemd finansiert med bidrags- og oppdragsmidlar er eit mål for korleis institusjonane løyser denne oppgåva. Statlege vitskaplege høgskolar har samla slik finansiering på om lag 132,5 mill. kroner, eksklusive midlar frå Noregs forskingsråd. Variasjonen er stor mellom dei vitskaplege høgskolane. Til dømes får Noregs veterinærhøgskole, Noregs idrettshøgskole og Noregs handelshøgskole høvesvis 19,3, 15,7 og 12,7 pst. av dei totale inntektene sine frå bidrag og oppdrag, medan Arkitektur- og designhøgskolen og Noregs musikkhøgskole har 3,8 og 1,1 pst. frå slike kjelder. Det er eit særtrekk ved dei statlege vitskaplege høgskolane at næringslivet utgjer den største eksterne oppdragsgivaren, med i snitt 64 pst. av dei eksterne inntektene. For Noregs handelshøgskole utgjorde denne finansieringa over 87 pst.
Etter- og vidareutdanning er ein viktig del av samarbeidet. Omfanget av denne verksemda låg i 2006 på om lag same nivå som året før. Det er viktig at dei vitskaplege høgskolane har god dialog med arbeidslivet med sikte på å utvikle utdanningstilbod i eit omfang og med eit innhald som sikrar arbeidslivet oppdatert og relevant kompetanse.
Dei vitskaplege høgskolane må utvikle strategiar for immaterielle rettar og må kunne handtere desse. Dei står vidare framfor utfordringar med å utvikle kulturar for innovasjon og vidareutvikle strategiar for samarbeid med næringslivet. Vidare er det eit mål at institusjonane aukar verksemda si finansiert gjennom bidrag og oppdrag, men det er naturleg at det er stor skilnad i omfanget mellom dei ulike institusjonane.
Dei vitskaplege høgskolane fyller òg samfunnsoppdraget sitt ved at dei tek aktivt del i samfunnsretta formidling, til dømes gjennom deltaking i den offentlege debatten, gjennom konsertar og andre kulturarrangement og gjennom tilbod innanfor etter- og vidareutdanning.
Internasjonalisering
Dei vitskaplege høgskolane tek del i internasjonale forskingsprogram og internasjonalt utviklingsarbeid. EU-midlar til forsking er ein indikator på om institusjonane har nådd opp i konkurransen om deltaking i internasjonale forskingsprosjekt. Generelt er det ei utfordring for dei vitskaplege høgskolane å auke inntektene frå EU. Noregs veterinærhøgskole (NVH) har den høgste utteljinga når det gjeld midlar frå EUs rammeprogram for forsking. NVH fekk tilslag på om lag 50 pst. av søknadene sine i sjette rammeprogram, og står i tillegg for nær 97 pst. av den totale delen som dei vitskaplege høgskolane har fått gjennom forskingsrådet.
Det er eit mål i Kvalitetsreforma at alle studentar som ønskjer det, skal ha høve til å ta delar av utdanninga si ved ein utanlandsk institusjon. Dei vitskaplege høgskolane har relativt sett hatt lågare vekst i talet på utvekslingsstudentar enn dei andre institusjonskategoriane, og talet på utvekslingsstudentar er framleis for lågt. Dei vitskaplege høgskolane må setje seg tydelege og realistiske mål for internasjonaliseringa av utdanninga og lage strategiar for å nå desse måla. I 2006 var talet på utvekslingsstudentar 583 for dei vitskaplege høgskolane. Det er ein markert oppgang frå 2005, og størsteparten av auken kom ved Noregs handelshøgskole. Totalt har Noregs handelshøgskole om lag 70 pst. av det totale talet på utvekslingsstudentar for denne institusjonskategorien.
Det er òg eit mål i Kvalitetsreforma at internasjonaliseringa av vitskapleg tilsette skal styrkjast. Eit mål på internasjonalisering er graden av utveksling av vitskapleg tilsette. Denne mobiliteten har gått attende ved dei vitskaplege institusjonane, både når det gjeld innreisande og utreisande. Tilbakegangen heng stort sett saman med ei negativ endring i mobilitetsmønsteret ved Noregs veterinærhøgskole.
Post 50 Basisfinansiering statlege vitskaplege høgskolar
Posten gjeld midlar til basisfinansiering av dei statlege vitskaplege høgskolane. Saman med den resultatbaserte undervisningsfinansieringa og forskingsfinansieringa skal basisfinansieringa setje institusjonane i stand til å utføre verksemda si, samt sikre stabilitet og langsiktig tenking. Basisfinansieringa inneheld løyvingar til både undervisning, forsking og formidling.
Budsjettforslag for 2008
I samband med Stortinget sitt vedtak om utviding av siviløkonomutdanninga til fem år er budsjettramma til Noregs handelshøgskole auka med 1,8 mill. kroner, jf. Innst. S. nr. 188 (2001–2002), jf. St.meld. nr. 11 (2001–2002) O m vurdering av enkelte unntak fra ny gradsstruktur i høyere utdanning.
Regjeringa foreslår å auke løyvinga til utstyr med totalt 38 mill. kroner i statsbudsjettet for 2008. Av desse foreslår departementet å tildele 5,1 mill. kroner til dei statlege vitskaplege høgskolane. Midlane er foreslått fordelte med 2,1 mill. kroner til Noregs musikkhøgskole og 3,0 mill. kroner til Noregs idrettshøgskole.
Post 51 Resultatbasert undervisningsfinansiering statlege vitskaplege høgskolar
Posten gjeld resultatbaserte midlar til undervisning ved statlege vitskaplege høgskolar. Løyvinga på posten skal saman med basistilskottet finansiere undervisninga ved institusjonane og stimulere institusjonane til å nå dei måla som er sette for undervisning og studietilbod. Frå 2005 til 2006 har studiepoeng per student og totalt avlagde 60- studiepoengseiningar ved dei statlege vitskaplege høgskolane hatt ein liten nedgang, medan talet på utvekslingsstudentar har auka.
Den resultatbaserte undervisningsfinansieringa reduserer løyvinga til statlege vitskaplege høgskolar med 0,3 mill. kroner frå 2007 til 2008.
Post 52 Forskingsfinansiering statlege vitskaplege høgskolar
Posten gjeld midlar til strategisk forskingsløyving og midlar knytte til den resultatbaserte omfordelinga av forskingsmidlar. Den strategiske forskingsløyvinga inneheld midlar til særskilt finansiering av doktorgradsstillingar. Løyvinga på posten skal saman med basistilskottet finansiere forskinga ved institusjonane.
Regjeringa foreslår å auke løyvinga på kap. 272 post 52 med om lag 4,5 mill. kroner til 14 stipendiatstillingar ved dei statlege vitskaplege høgskolane frå hausten 2008.
Den resultatbaserte omfordelinga av forskingsmidlar fører til auke i løyvinga til statlege vitskaplege høgskolar på 6,1 mill. kroner i 2008.
Post 70 Basisfinansiering private vitskaplege høgskolar
Posten gjeld midlar til basisfinansiering av Det teologiske Menighetsfakultetet, som er einaste private institusjon med akkreditering som vitskapleg høgskole. Saman med den resultatbaserte undervisningsfinansieringa og forskingsfinansieringa skal basisfinansieringa setje institusjonen i stand til å utføre verksemda si, samt sikre stabilitet og langsiktig tenking. Basisfinansieringa inneheld løyvingar til både undervisning, forsking og formidling.
Departementet foreslår å vidareføre løyvinga på posten i 2008.
Post 71 Resultatbasert undervisningsfinansiering private vitskaplege høgskolar
Posten gjeld resultatbaserte midlar til undervisning ved Det teologiske Menighetsfakultetet. Løyvinga på posten skal saman med basistilskottet finansiere undervisninga ved institusjonen og stimulere institusjonen til å nå dei måla som er sette for undervisning og studietilbod. Alle studium er inkluderte i undervisningskomponenten. Frå 2005 til 2006 har studiepoeng per student og totalt avlagde 60-studiepoengseiningar ved Det teologiske Menighetsfakultetet gått opp, medan talet på utvekslingsstudentar har gått ned.
Resultatbasert undervisningsfinansiering for private vitskaplege høgskolar aukar løyvinga til Det teologiske Menighetsfakultetet med om lag 2,1 mill. kroner i 2008.
Post 72 Forskingsfinansiering private vitskaplege høgskolar
Posten gjeld midlar til strategisk forskingsløyving og midlar knytte til den resultatbaserte omfordelinga av forskingsmidlar. Den strategiske forskingsløyvinga inneheld midlar til særskilt finansiering av stipendiatstillingar. Løyvinga på posten skal saman med basistilskottet finansiere forskinga ved institusjonane. Regjeringa foreslår å auke løyvinga på kap. 272 post 72 med kr 320 000 til ein stipendiatstilling ved Det teologiske Menighetsfakultet frå hausten 2008.
Den resultatbaserte omfordelinga av forskingsmidlar reduserer løyvinga til Det teologiske Menighetsfakultetet med 0,5 mill. kroner i 2008.
Oversikt over løyvingsforslaget
Tabell 2.19 i vedlegg 2 viser fordeling av forslag til løyving på institusjonar.
Kap. 275 Høgskolar
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2006 | Saldert budsjett 2007 | Forslag 2008 |
50 | Basisfinansiering statlege høgskolar | 5 012 384 | 5 199 124 | 4 979 641 |
51 | Resultatbasert undervisningsfinansiering statlege høgskolar | 2 039 667 | 2 111 665 | 2 005 983 |
52 | Forskingsfinansiering statlege høgskolar | 241 439 | 269 818 | 254 355 |
70 | Basisfinansiering private høgskolar | 308 665 | 334 902 | 351 543 |
71 | Resultatbasert undervisningsfinansiering private høgskolar | 266 099 | 290 461 | 306 745 |
72 | Forskingsfinansiering private høgskolar | 32 267 | 35 558 | 46 321 |
Sum kap. 275 | 7 900 521 | 8 241 528 | 7 944 588 |
Kapitlet omfattar to kunsthøgskolar, 24 statlege høgskolar og 24 private høgskolar. Frå og med budsjettet for 2008 er rapportering og budsjett samla under kap. 275 med unntak av Høgskolen i Agder som fekk status som universitet 1. september 2007. Det blir gitt rapport om Høgskolen i Agder i dette kapitlet, medan budsjettforslaget for universitetet er handsama i universitetskapitlet.
Høgskolane står for eit breitt tilbod av utdanningar i hovudsak på bachelornivå, og utdanningane er ofte profesjonsretta. Høgskolane har særskilt ansvar for å drive FoU knytt til utdanningstilboda sine. Vidare har dei ansvar for å medverke til regional utvikling og innovasjon. Nokre høgskolar har rett til å tildele doktorgrader innanfor bestemte fagområde. Høgskolane fyller såleis ei viktig rolle som katalysator for regional utvikling og vekst og som aktør i profesjonsretta FoU. Dei statlege kunsthøgskolane har eit viktig nasjonalt ansvar for å gi kunstutdanning på bachelor- og masternivå. Kunsthøgskolane har ansvar for internasjonalt samarbeid om ulike kunstfag og for forsking og kunstnarleg utviklingsarbeid.
Høgskolane hadde i 2006 om lag 107 000 registrerte studentar. Dei er svært ulike i storleik, forskingsintensitet og studenttilstrøyming. Høgskolane utdannar kandidatar som kan gå inn i yrke som er avgjerande for eit velfungerande samfunn. Til dømes har mange høgskolar ulike lærar-, ingeniør-, helse- og sosialfagutdanningar.
Fleire av høgskolane har gjennom langsiktig strategisk arbeid bygd opp solide fagmiljø med kompetanse til å tilby utdanning utover bachelorgraden. Det er ei gledeleg utvikling at høgskolane styrkjer potensialet sitt gjennom målretta satsing på kvalitet i undervisning og forsking. Høgskolane driv formidling til allmenta og gir viktige bidrag til offentleg debatt.
Rapport for 2006–07
Utdanning
Søkninga og opptaket til dei statlege og private høgskolane har gått ned i perioden 2005 til 2006, medan kunsthøgskolane har hatt ein auke i same periode. I 2006 vart om lag 30 000 studieplassar ved statlege og private høgskolar lyste ut gjennom Samordna opptak (SO). Om lag 54 000 søkjarar hadde prioritert studium ved ein høgskole. Det utgjer om lag 54 pst. av det totale talet på søkjarar. Kunsthøgskolane er ikkje med i SO.
Kunnskapsdepartementet fastset måltal for registrerte studentar og kandidatar ved Kunsthøgskolen i Bergen og Kunsthøgskolen i Oslo.
Ved høgskolane er det betre gjennomstrøyming enn ved universiteta. Fleirtalet av studentane gjennomfører utdanninga si på normert tid. Høgskolane må likevel jobbe vidare med tiltak for å stimulere til auka gjennomstrøyming.
Tal frå Samordna opptak viser ein reduksjon i søkninga til allmennlærarutdanninga på om lag 17 pst. frå 2006 til 2007. Ved førskolelærarutdanninga er det derimot ein auke på 7,5 pst., og faglærarutdanninga aukar med heile 43,6 pst. i same periode. For andre år på rad er det vekst i opptaket til teknologiske fag, men òg ein oppgang for dei andre realfaga, som i dei siste åra har hatt nedgang i søkjartala. Kvinnelege søkjarar står for store delar av veksten. Den negative trenden kan sjå ut til å vere snudd, noko som mellom anna kan forklarast med ulike rekrutteringstiltak, mellom anna initiert gjennom Regjeringas realfagsstrategi, og generelt stor merksemd i media om mangel på slik kompetanse. Talet på førsteprioritetssøkjarar til helse- og sosialfaglege utdanningar har i år gått noko tilbake, men det er framleis god søkning og rekruttering til desse studia. For meir informasjon om opptak, registrerte studentar og kandidatar på utvalde utdanningar, sjå tabell 2.6 i vedlegg 2.
I perioden juni 2003 til mai 2007 har NOKUT akkreditert 85 mastertilbod ved dei statlege og private høgskolane. NOKUT har òg akkreditert eitt nytt doktorgradstilbod ved Høgskolen i Agder i perioden 2006–07. Kunnskapsdepartementet har godkjent etablering av dei fleste nye mastertilboda og det nye doktorgradstilbodet som er akkreditert. Det finst no ni doktorgradstilbod ved statlege høgskolar. Styret i NOKUT fatta vedtak om akkreditering av Høgskolen i Agder som universitet, og institusjonen fekk med heimel i kongeleg resolusjon slik status frå 1. september 2007.
Evalueringa av allmennlærarutdanninga vart avslutta av NOKUT hausten 2006. Evalueringa viser at sjølv om mykje er bra, er det fleire utfordringar for utdanninga. Utfordringane gjeld særleg forholdet mellom teori og praksis i utdanninga. På bakgrunn av rapporten har institusjonane utarbeidd eigne oppfølgingsplanar. For å vurdere den vidare organiseringa av allmennlærarutdanninga har departementet bede eit utval av fagpersonar og organisasjonar om å gi innspel hausten 2007 til moglege måtar å organisere ei differensiert fire- eller femårig lærarutdanning for grunnskolen på. Som ei forsøksordning har Høgskolen i Vestfold etablert ei ny lærarutdanning særleg retta mot ungdomstrinnet. Vidare har Høgskolen i Telemark fått midlar for å styrkje samanhengen mellom utdanning og praksis.
NOKUT reviderte i 2005 alle akkrediterte sjukepleiarutdanningar. I utgangspunktet vart berre ein institusjon, Diakonhjemmet høgskole, reakkreditert. Reakkrediteringa viste at den største utfordringa var å auke delen av tilsette med førstestillingskompetanse til 20 pst. Med bakgrunn i den manglande førstekompetansen vart det i 2006 løyvd om lag 11,9 mill. kroner for å stimulere til at flest mogleg fullfører førstelektorprogram. I tillegg blir nokre av midlane brukt til tiltak for å lette tilgongen på personar til bedømmingskomitear for opprykk og anna koordineringsarbeid. Det er ingen høgskolar som har meldt frå at dei ikkje vil klare dette kravet innan den fastsette fristen. Departementet forventar derfor at målet med å auke delen tilsette med førstestillingskompetanse til 20 pst. blir nådd.
Det er forventa at høgskolane følgjer opp evalueringa av allmennlærarutdanningane og reakkrediteringa av sjukepleiarutdanningane.
NOKUT har sett i gang revidering av akkreditering av bachelorutdanninga ved Den norske balletthøgskolen. I 2006 starta NOKUT evaluering av ingeniørutdanningane. Denne skal vere ferdig september 2008. I løpet av 2008 skal NOKUT ha evaluert kvalitetssikringssystema til alle dei statlege høgskolane. Av dei som allereie er evaluerte, har alle utanom ein fått godkjent kvalitetssystema sine. Fleire institusjonar har rapportert at dei vil utvide systemet til å omfatte annan aktivitet ved verksemda, som til dømes FoU-verksemda og doktorgradsutdanninga. Dei private høgskolane må ifølgje universitets- og høgskolelova òg ha godkjent kvalitetssikringssystem. Høgskolane må no rette merksemda mot bruk av kvalitetssikringssystemet for å betre kvaliteten i utdanninga.
Høgskolen i Oslo vart tildelt 6 mill. kroner til oppretting av ei tolkeutdanning i budsjettet for 2007. Utdanninga hadde studiestart hausten 2007. Hovudmålet er å auke utdanninga av tolkar til rettsvesen, helsevesen og andre offentlege tenester, slik at borgarar med annan språkleg bakgrunn blir sikra dei rettane dei har krav på. Søkninga til dette studietilbodet har vore god.
Forskingsprofil
I 2006 stod dei statlege og dei private høgskolane for om lag 15,4 pst. av den vitskaplege publiseringa i Noreg. Dei utdanna om lag 2,5 pst. av doktorane. Høgskolane har ulikt utgangspunkt for å kunne drive med forsking og utviklingsarbeid. Nokre av dei har fleire fag med tradisjonar for forsking og forskingsbasert undervisning, og andre har mest profesjonsretta fag utan sterke tradisjonar for forsking.
Høgskolane arbeider systematisk med å utvikle FoU-strategiar og byggje sterkare forskarmiljø. Dei tildeler FoU-midlar i større grad ut frå vedtekne satsingsområde og legg vekt på å styrkje fagmiljø som dokumenterer god vitskapleg produksjon. Det er positivt at høgskolane i større grad ser oppbygging av FoU-miljøa i samanheng med etablering av mastergradsstudium. Høgskolane må fortsette arbeidet med å konsentrere forskingsinnsatsen og med å utvikle forskingsmiljøa sine.
FoU-verksemd
Dei statlege høgskolane bruker relativt store tidsressursar til FoU. I ein NIFU-STEP-rapport, Tolv år etter høgskolereformen – en statusrapport om FoU i statlige høgskoler. Rapport 7/2006, går det fram at fagpersonalet har meldt at dei i 2005 brukte 21 pst. av arbeidstida til dette formålet. Det er omtrent uendra frå 1997, men det er variasjonar i omfanget av FoU-verksemda mellom dei ulike statlege høgskolane og mellom dei ulike fagområda. Dei statlege høgskolane har i lengre tid arbeidd for å heve den formelle kompetansen til undervisnings- og forskingspersonalet. Mange høgskolar har kvalifiseringsprogram for eigne tilsette. Førstestillingsnivået har auka frå 23,5 pst. i 2001 til 29,3 pst. av stillingane i 2006. Innanfor fleire fagområde er det framleis få tilsette med førstestillingskompetanse. Dette gjeld særleg i sjukepleiarutdanningane. Det er ein positiv auke i talet på tilsette innanfor desse utdanningane som går på doktorgradsprogram og førstelektorprogram. Talet på stipendiatstillingar generelt har auka kraftig. I 2006 utgjorde dei 7,3 pst. av alle stillingane mot 2,8 pst. i 2001. Dei statlege høgskolane har no 338 stipendiatstillingar finansierte av Kunnskapsdepartementet. Rapporteringa frå mange av institusjonane viser derimot svak gjennomstrøyming av stipendiatar. Høgskolane må arbeide for å auke gjennomstrøyminga.
Frå 2005 til 2006 har talet på publiseringspoeng ved dei statlege høgskolane auka med 9,3 pst. Som del av det totale talet ved universitet og høgskolar er det òg ein liten auke frå 2005 til 2006. Dei store høgskolane og dei som har eigne doktorgradsprogram står for det meste av publiseringa. Tildeling av ressursar til forsking frå NFR og EU er indikator på korleis høgskolane når opp i konkurransen om deltaking i forskingsprosjekt. Ved høgskolane utgjorde NFR-midlar i gjennomsnitt 1,5 pst. av statstilskottet i 2006. Til samanlikning utgjorde dei i gjennomsnitt 15 pst. ved universiteta. Høgskolane må arbeide vidare med å auke forskingsinntekter frå NFR.
Det er tilsett om lag like mange menn og kvinner i undervisnings- og forskarstillingar ved dei statlege høgskolane. Men det er framleis stor overvekt av menn på ingeniørutdanningane og stor overvekt av kvinner på sjukepleiarutdanningane. Det er òg overvekt av menn i dei høgre stillingskategoriane. Talet på kvinnelege professorar har auka frå 14 pst. i 2003 til om lag 17 pst. i 2006. Høgskolane står framleis framfor utfordringar i høve til å kvalifisere og rekruttere fleire kvinner til høgre vitskaplege stillingar.
Omfanget av FoU-aktiviteten ved dei private høgskolane varierer mykje mellom institusjonane. Mange av dei små private høgskolane har liten aktivitet, medan Handelshøgskolen BI og i ein viss grad Misjonshøgskolen og Diakonhjemmet høgskole har stor FoU-aktivitet. Ein del av høgskolane melder om nokre vitskaplege publiseringar, men få er publiserte i meritterande tidsskrift. For dei fleste av dei private høgskolane er det eit mål å bli betre i forsking, og fleire har tiltak som skriveverkstad og kurs. Det er ei utfordring både for dei statlege og dei private høgskolane å auke den vitskaplege produksjonen.
Kunsthøgskolane driv med både kunstnarleg verksemd, kunstnarleg utviklingsarbeid og tradisjonell forsking. Kunsthøgskolane arbeider med å styrkje FoU-verksemda ved institusjonane og auke kompetansen til dei tilsette. Kunsthøgskolen i Bergen har operatøransvar for det nasjonale stipendprogrammet for kunstnarleg utviklingsarbeid i skapande og utøvande kunst, som er ein parallell til vanleg doktorgradsstipend. Stipendprogrammet har fått tildelt 17 stillingar. Sjå nærmare omtale under kap. 281. I 2006 vart dei første kandidatane ferdige.
Samarbeid med samfunns- og arbeidsliv
Høgskolane skal forske og drive utviklingsarbeid som er relevant for lokalt arbeids- og næringsliv. Fleire rapportar peikar på at høgskolane ser ut til å ha ei mindre viktig rolle i regional utvikling og innovasjon enn venta. Omfanget av verksemd finansiert med bidrags- og oppdragsmidlar er eit mål på korleis institusjonane løyser oppgåva. I 2006 varierte dei eksterne inntektene mellom 2,1 pst. og 14,1 pst. av dei totale driftsinntektene ved dei statlege høgskolane. Den store variasjonen mellom høgskolane heng saman med ulik fagportefølje og ulik struktur i det lokale næringslivet. Høgskolane må auke dei eksterne inntektene sine og arbeide for å utvikle kulturar for innovasjon og samarbeid med regionalt samfunns- og arbeidsliv.
Nokre av høgskolane har vore med på bedriftsetableringar i 2006. Fleire av høgskolane samarbeider no med verksemder som skal kommersialisere idear frå forskinga, eller har eigne slike verksemder. Departementet er positiv til denne utviklinga.
Departementet har understreka behovet for at høgskolane inngår meir bindande samarbeid med institusjonar der studentane har praksis. Det er viktig at praksisen til studentane blir kvalitetssikra på ein god måte.
Kunnskapsdepartementet kan gi høgskolane utvida fullmakter i høve til bidrags- og oppdragsverksemd, sjå forslag til vedtak IV nr. 2. Departementet har, med utgangspunkt i problemstillingar knytte til institusjonane sine aksjeinteresser, teke tilbake fullmakta til å opprette nye selskap eller kjøpe aksjar i eksisterande selskap frå Høgskolen i Bodø og Høgskolen i Vestfold.
I 2006 vart finansieringa av praksisutgifter for helse- og sosialfagutdanningar ved statlege og private høgskolar samt Universitetet i Stavanger lagt om. Føremålet var at midlane i staden skulle bli brukte til særskilte tiltak for å fremme samarbeid mellom utdanningsinstitusjonane og praksisstadene. Tilbakemeldingar Kunnskapsdepartementet har fått gjennom etatsstyringsmøter i 2007 med institusjonane, tyder på at omlegginga har lykkast, og at det er utvikla fleire gode samarbeidsprosjekt, særleg knytte til primærhelsetenesta.
Høgskolane har gitt eit breitt tilbod i kurs og etterutdanningsverksemd i nært samarbeid med mellom anna skoleeigarar, i samband med at Kunnskapsløftet vart innført. Nokre institusjonar har likevel meldt om at dei ikkje har fått den responsen på kurstilbodet som var venta. Det er derfor naudsynt at høgskolane aukar relevansen i desse kursa. I 2006 var det registrert i alt 11 320 eksternt finansierte kursstudentar i 60-studiepoengseiningar ved dei statlege høgskolane. Dette er om lag 1 000 fleire enn i 2005.
Høgskolane står framfor ei utfordring med å styrkje samarbeidet med samfunns-, arbeids- og næringsliv, særleg for å fremme regional utvikling. Samarbeidsområde varierer mellom institusjonane, avhengig av fagportefølje. Fagmiljøa innanfor helse- og sosialfag, lærarutdanning, ingeniørfag, IKT, økonomi og administrasjon er gjerne trekte fram som eksempel på fagmiljø som samarbeider med andre institusjonar og eksterne aktørar.
Internasjonalisering
Arbeidet med internasjonalisering har auka ved dei statlege høgskolane. Dei tek del i internasjonale forskingsprogram og i utviklingsarbeid. Graden av involvering varierer framleis mykje mellom institusjonane. EU-midlar til forsking er ein indikator på om høgskolane har nådd opp i konkurransen og i deltaking i internasjonale forskingsprogram. Samla sett hadde dei statlege høgskolane ein auke i EU-midlar samanlikna med 2005, men må arbeide vidare med å auke desse midlane, gjerne i samarbeid med andre institusjonar. Dei statlege høgskolane har jamt over mange avtalar om samarbeid med utanlandske universitet og høgskolar, men utvekslinga av vitskapleg tilsette har ikkje eit omfang som speglar dette. Samanhengen mellom den internasjonale verksemda innanfor utdanning og forsking kan òg bli betre.
Høgskolane skal leggje til rette for at fleire studentar kan ta delar av utdanninga si ved ein utanlandsk lærestad. Dei blir oppmoda til i større grad å nytte seg av dei mange ordningane som finst for internasjonalt utdanningssamarbeid, særleg Nordplus og EUs nyoppretta utdanningsprogram for livslang læring (LLP). Talet på utvekslingsstudentar har auka, medan talet på utvekslingsopphald blant dei tilsette har gått noko ned. Ved dei fleste høgskolane var det om lag like mange studentar som reiste ut som kom inn i 2006. Det var i alt 3 269 utvekslingsstudentar, eksklusive individbaserte avtalar. Høgskolane må arbeide vidare med å innlemme opphald i utlandet på ein god måte i studieprogramma. Det er òg ønskeleg at høgskolane held fram med det gode arbeidet med å utvide undervisningstilboda på framandspråk for å trekkje til seg fleire utanlandske studentar. Vidare må høgskolane leggje tydelegare strategiar for internasjonaliseringa av utdanninga.
Post 50 Basisfinansiering statlege høgskolar
Posten inneheld midlar til basisfinansiering av kunsthøgskolane og 24 statlege høgskolar. Saman med den resultatbaserte undervisningsfinansieringa og forskingsfinansieringa skal basisfinansieringa setje institusjonane i stand til å utføre verksemda si samt sikre stabilitet og langsiktig tenking. Basisfinansiering inneheld løyvingar til både undervisning, forsking og formidling.
Budsjettforslag for 2008
Nordisk Ministerråd skal trappe ned finansieringa av Nordisk Samisk Institutt. Nedtrappinga skjer over ein periode på fire år, og 2008 er siste året med nedtrapping. Departementet foreslår ein auke av løyvinga på kap. 275 post 50 med 1,2 mill. kroner i 2008 i samband med dette.
I samband med revidert nasjonalbudsjett for 2005, jf. Innst. S. nr. 240 (2004–2005), vart det gitt startløyving til nytt bygg for Høgskolen i Vestfold. Departementet foreslår å vidareføre utstyrsløyvinga med 45,6 mill. kroner i 2008. Totalt er det lagt til grunn ei utstyrsramme på 91,2 mill. kroner til prosjektet.
I samband med statsbudsjettet for 2006, jf. Budsjett-innst. S. nr. 12 (2005–2006), vart det gitt startløyving til Samisk vitskapsbygg i Kautokeino. I 2007 vart det løyvd 15,7 mill. kroner til utstyr. Departementet foreslår å vidareføre 15,7 mill. kroner til utstyr i 2008. Totalt er det lagt til grunn ei utstyrsramme på 31,4 mill. kroner.
Regjeringa foreslår å tildele 38 mill. kroner i særskilde midlar til utstyr i statsbudsjettet for 2008. Av desse foreslår departementet å tildele 32,9 mill. kroner til dei statlege høgskolane. Departementet foreslår å styrkje løyvinga til utstyr ved Høgskolen i Lillehammer med om lag 10 mill. kroner i 2008 kroner til skifte av teknologisk plattform for film- og fjernsynsutdanninga. Vidare blir det foreslått å tildele 5,2 mill. kroner til Høgskolen i Vestfold, 4,7 mill. kroner til Høgskolen i Bodø, 3 mill. kroner til Høgskolen i Buskerud, 4 mill. kroner til Høgskolen i Sør-Trøndelag, 1 mill. kroner til Høgskolen i Tromsø og 5 mill. kroner til Høgskolen i Oslo.
I høve til budsjettet for 2007 er det gjort mellom anna følgjande tekniske endringar: Løyvinga på kap. 275 post 50 er auka med 2,9 mill. kroner, mot tilsvarande reduksjon på kap. 281 post 01 i samband med husleige ved Kunsthøgskolen i Oslo.
Undervisning
Det er i 2006 tildelt 12,5 mill. kroner til 500 nye studieplassar innanfor allmennlærar-, førskolelærar-, faglærar-, yrkesfaglærar- og praktisk-pedagogisk utdanning. I samband med dette er det lagt inn om lag 7,7 mill. kroner på kap. 275 post 50 i heilårsverknad og vidareføring av studieplassar ved statlege høgskolar for 2008.
I samband med utviding av siviløkonomutdanninga til fem år er budsjettramma til Høgskolen i Bodø auka med 630 000 kroner i 2008, jf. Innst. S. nr. 188 (2001–2001), jf. St. meld. nr. 11 (2001–2002).
I statsbudsjettet for 2006 vart det foreslått å etablere ei visuell kunstutdanning ved Høgskolen i Tromsø. Departementet foreslår å leggje inn om lag 3 mill. kroner til utstyr, heilårsverknad og vidareføring av 15 studieplassar i budsjettet for 2008, jf. òg omtale av utstyrsmidlar ovanfor.
Frå 1. januar 2005 vart Statens dykkarskole innlemma i Høgskolen i Bergen. Høgskolen har ansvar for å vidareutvikle dykkarutdanninga som fagskoleutdanning, jf. omtale i St.prp. nr. 1 (2006–2007) for Kunnskapsdepartementet. Behov og organisering av mettingsdykkarutdanning (operasjonar på større djup enn 50 meter) har vore vurdert. Departementet meiner at det framleis er behov for å etablere mettingsdykkarutdanning i samarbeid mellom oljeselskapa Statoil, ExxonMobil, Norske Shell og Høgskolen i Bergen og selskapet NUI AS i Bergen. Stortinget har løyvd totalt 12,5 mill. kroner til investering i utstyr og totalt 2,75 mill. kroner til drift i 2007. Det er lagt til grunn årlege driftskostnader på 4,5 mill. kroner frå 2008. Oljeselskapa har tidlegare gitt lovnad om å støtte etableringa med inntil 27,5 mill. kroner under gitte føresetnader, jf. omtale i St.prp. nr. 1 (2006–2007) for Kunnskapsdepartementet. Utdanninga vart planlagt etablert frå hausten 2007. Prosessen i høve til kjøp av mettingsdykkarutstyr har vore meir krevjande enn føresett, og utstyret kan bli dyrare enn opphavleg rekna med. Departementet vil ta initiativ til vidare dialog med oljeselskapa om dette. Utdanninga vil kunne bli sett i verk seinast i 2009. Mellombelse løysingar blir vurderte, slik at utdanninga eventuelt kan starte opp tidlegare. Departementet foreslår at tidlegare tildelte midlar til investering i utstyr og drift, og driftsmidlar for 2008, kan bli nytta til kjøp av utstyr. Sjå forslag til vedtak IV nr. 5. I samband med dette foreslår departementet å auke løyvinga på kap. 275 post 50 med 3,5 mill. kroner.
Lærarutdanninga ved Høgskolen i Vestfold særskilt retta mot ungdomstrinnet vil omfatte inntil 40 studentar og starta opp hausten 2007. For å dekkje meirkostnadene ved dei faglege, pedagogiske, praktiske og organisatoriske delane ved denne utdanninga foreslår Regjeringa å auke løyvinga på kap. 275 post 50 med 1,2 mill. kroner mot ein reduksjon på kap. 226 post 21 og kap. 220 post 01.
For å følgje opp Regjeringas rekrutteringsplan innanfor Barnehageløftet foreslår Regjeringa å auke kapasiteten innanfor førskolelærarutdanninga med 125 studieplassar. Regjeringa foreslår at høgskolane i Oslo, Vestfold, Hedmark, Telemark, Bergen og Tromsø, samt universiteta i Agder og Stavanger omdisponerar til saman 100 studieplassar innanfor eigne budsjettrammer.
Høgskolen i Agder har blitt akkreditert som universitet, med verknad frå 1. september 2007. Regjeringa foreslår derfor å redusere løyvinga på kap. 275 post 50 med 480,3 mill. kroner mot ein tilsvarande auke på kap. 271 post 50.
Post 51 Resultatbasert undervisningsfinansiering statlege høgskolar
Posten omfattar resultatbaserte midlar til undervisning ved statlege høgskolar. Løyvinga på posten skal saman med basistilskottet finansiere undervisninga ved institusjonane og stimulere institusjonane til å nå dei måla som er sette for undervisning og studietilbod. Totalt avlagde 60-studiepoengseiningar er om lag stabil frå 2005 til 2006. Talet på utvekslingsstudentar har auka i same periode. Kunsthøgskolane er ikkje inkluderte i den resultatbaserte undervisningsfinansieringa.
Høgskolen i Agder har blitt akkreditert som universitet, med verknad frå 1. september 2007. Regjeringa foreslår derfor å redusere løyvinga på kap. 275 post 51 med 202,4 mill. kroner mot ein tilsvarande auke på kap. 271 post 51.
Resultatbasert undervisningsfinansiering for statlege høgskolar aukar med om lag 3,2 mill. kroner frå 2007 til 2008.
Post 52 Forskingsfinansiering statlege høgskolar
Posten omfattar midlar knytte til strategisk forskingsløyving og til den resultatbaserte omfordelinga av forskingsmidlar. Den strategiske forskingsløyvinga omfattar midlar til særskilt finansiering av stipendiatstillingar og særskilde midlar til vitskapleg utstyr. For omtale av Strategisk høgskoleprogram og Verkemiddel for regional innovasjon (VRI) administrert av Noregs forskingsråd, sjå omtale under kap. 281. Det er ulik grad av resultatoppnåing på dei ulike indikatorane mellom institusjonane, og mellom anna høgskolane i Bodø, Hedmark og Oslo har gode resultat i omfordelinga.
Den resultatbaserte omfordelinga av forskingsmidlar reduserer løyvinga til statlege høgskolar med 9,9 mill. kroner i 2008.
Regjeringa ønskjer at høgskolane skal vere sentrale aktørar i regional utvikling og innovasjon og ei støtte til næringsliv og offentleg verksemd. Det er særleg behov for å auke FoU i ingeniørutdanninga, lærarutdanninga, helse- og sosialfag samt andre profesjonsutdanningar. Departementet foreslår å tildele statlege høgskolar 57 stipendiatstillingar frå hausten 2008 for særleg å styrkje regional utvikling og profesjonsutdanningane. Regjeringa foreslår derfor å auke kap. 275 post 52 med 18,2 mill. kroner i 2008.
Høgskolen i Agder har blitt akkreditert som universitet, med verknad frå 1. september 2007. Regjeringa foreslår derfor å redusere løyvinga på kap. 275 post 52 med 46,6 mill. kroner mot ein tilsvarande auke på kap. 271 post 52.
Post 70 Basisfinansiering private høgskolar
Posten inneheld midlar til basisfinansiering av dei private høgskolane. Basisfinansieringa skal, saman med den resultatbaserte undervisningsfinansieringa og forskingsfinansieringa, setje institusjonane i stand til å utføre verksemda si og ta vare på omsynet til stabilitet og langsiktig tenking. Basisfinansieringa inneheld løyvingar til både undervisning, forsking og formidling.
Kunnskapsdepartementet har gjennomført kontrollbesøk ved Noregs Informasjonsteknologiske Høgskole (NITH) og Den Norske Balletthøgskole, men har ikkje funne noko som endrar føresetnaden for tildeling av statstilskott til desse høgskolane.
Det vart i 2006 tildelt 12,5 mill. kroner til 500 nye studieplassar innanfor allmennlærar-, førskolelærar-, faglærar-, yrkesfaglærar- og praktisk-pedagogisk utdanning. I samband med dette er det lagt inn om lag 1 mill. kroner på kap. 275 post 70 i heilårsverknad og vidareføring av studieplassar ved dei private høgskolane for 2008.
I samband med utvidinga av siviløkonomutdanninga til fem år er løyvinga til Handelshøgskolen BI foreslått auka med om lag 1,2 mill. kroner i 2008.
For å følgje opp Regjeringas rekrutteringsplan innanfor Barnehageløftet foreslår Regjeringa å auke kapasiteten innanfor førskolelærarutdanninga med 125 studieplassar. Regjeringa foreslår å auke kapasiteten ved Dronning Mauds Minne Høgskole med 25 studieplassar. Det blir foreslått å auke ramma til høgskolen med kr 663 000, mot at løyvinga ved Handelshøgskolen BI blir redusert tilsvarande.
Post 71 Resultatbasert undervisningsfinansiering private høgskolar
Posten omfattar resultatbaserte midlar til undervisning ved private høgskolar. Løyvinga skal saman med basistilskottet finansiere undervisninga ved institusjonane og stimulere institusjonane til å nå dei måla som er sette for undervisning og studietilbod.
Totalt avlagde 60-studiepoengseiningar er om lag stabil frå 2005 til 2006. Talet på utvekslingsstudentar har auka i same periode.
Resultatbasert undervisningsfinansiering for private høgskolar aukar med om lag 3,8 mill. kroner frå 2007 til 2008.
Post 72 Forskingsfinansiering private høgskolar
Posten inneheld midlar til strategisk forskingsløyving og midlar knytte til den resultatbaserte omfordelinga av forskingsmidlar. Den strategiske forskingsløyvinga inneheld midlar til særskilt finansiering av stipendiatstillingar. Regjeringa foreslår å auke løyvinga på kap. 275 post 72 med 1,6 mill. kroner til fem stipendiatstillingar ved dei private høgskolane.
Det er ulik grad av resultatoppnåing på dei ulike indikatorane mellom institusjonane. Med unntak av auken for Handelshøgskolen BI og Misjonshøgskolen i Stavanger er det blant dei private høgskolane små endringar på forskingsindikatorane.
Den resultatbaserte omfordelinga av forskingsmidlar aukar løyvingane til dei private høgskolane med om lag 7,6 mill. kroner i 2008.
Oversikt over løyvingsforslaget
Tabell 2.19 i vedlegg 2 viser forslag til fordeling av løyving på institusjonar.
Kap. 276 Fagskoleutdanning
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2006 | Saldert budsjett 2007 | Forslag 2008 |
70 | Tilskott til fagskoleutdanning | 274 705 | 285 144 | 304 083 |
Sum kap. 276 | 274 705 | 285 144 | 304 083 |
Lov om fagskoleutdanning trådde i kraft i juni 2003, og gjeld for yrkesretta utdanningar som byggjer på vidaregåande opplæring eller tilsvarande realkompetanse, og som har eit omfang som svarar til minimum eit halvt studieår og maksimum to studieår. Lova er ei overordna rammelov som gir tilbydarane stor fridom til å fastsetje innhaldet i utdanninga og etablere formålstenlege ordningar lokalt. Fagskoleutdanning skal vere eit sjølvstendig alternativ til høgre utdanning.
30. mars 2007 fremma Regjeringa Ot.prp. nr. 39 (2006–2007) Om lov om endringer i lov 20. juni 2003 nr. 56 om fagskoleutdanning. Odelstinget behandla 7. juni 2007 endringsforslaga, jf. Innst. O. nr. 89 (2006–2007). Lagtinget vedtok 12. juni 2007 lov om endringar i lov 20. juni 2003 nr. 56 om fagskoleutdanning. Endra lov trådde i kraft 1. august.
Endringane inneber at tilbydarar av godkjend fagskoleutdanning skal ha tilfredsstillande interne system for kvalitetssikring. Godkjenningsprosessen for større fagskoletilbydarar skal bli lettare. Hovudregelen vil framleis vere at den enkelte fagskoleutdanninga blir godkjend av NOKUT (Nasjonalt organ for kvalitet i utdanninga). Under visse vilkår skal òg tilbydarar kunne få godkjenning, og med det få rett til å opprette tilbod. Samtidig blir koplinga mellom fagskoleutdanning og yrkeslivet presisert. Omgrepa «fagskole» og «fagskoleutdanning» blir beskytta for å sikre studentar mot useriøse tilbydarar.
System for kvalitetssikring skal vere på plass seinast 1. januar 2009, ifølgje kgl.res. 29. juni 2007 nr. 758. Den nye lovregelen om å verne «fagskole» og «fagskoleutdanning» trår i kraft 1. juli 2008.
Lov om endringar i friskolelova (ny privatskolelov) vart handsama i Odelstinget og Lagtinget samstundes med fagskolelova, jf. Innst. O. nr. 88 (2006–2007). Revidert privatskolelov trådde i kraft 1. juli 2007. Med lovendringane i privatskolelova er det venta at enkelte skolar som tilbyr yrkesretta opplæring som ikkje blir gitt ved vidaregåande offentlege skolar (6A-skolar), vil søkje om godkjenning etter fagskolelova. Dette gjeld skolar som ligg over vidaregåande opplæringsnivå. 6A-skolar som blir godkjende etter fagskolelova, vil behalde høvet til framtidig tilskott for faktisk elevtal avgrensa til det elevtalet dei i dag har godkjenning for.
Ansvar for fagskoleutdanning vil i 2010 bli overført til regionane, jf. St.meld. nr. 12 (2006–2007). Regionane har gode føresetnader for å kunne prioritere og tilpasse yrkesretta utdanning til regionalt arbeidsliv og kan sjå dette i samanheng med utdanningsprogramma i vidaregåande skole. Ei slik overføring av ansvar til regionane gjer det naudsynt å endre fagskolelova. Så vel for dei offentlege som for private fagskoleutdanningar legg departementet til grunn at fagskolelova framleis skal regulere rettane til studentane, kvalitetssikring og lovbestemt styringsform. Stortinget har bede departementet om ein gjennomgang av systemet for fagskolefinansiering seinast innan overføring av drifts- og finansieringsansvaret til regionane. Dette arbeidet er no i gang, og resultata vil bli lagde fram i ein proposisjon om regionsreforma frå Kommunal- og regionaldepartementet våren 2008, jf. St.prp. nr. 1 (2007–2008) for Kommunal- og regionaldepartementet.
Post 70 Tilskott til fagskoleutdanning
Tilskottsordninga medverkar til å utvikle korte, fleksible og arbeidsmarknadsretta utdanningar ved å yte tilskott til tilbydarar av fagskoleutdanning som er godkjend etter lov om fagskoleutdanning.
Dei vedtekne endringane i fagskolelova inneber at ein fører vidare skiljet mellom godkjenning av fagskoleutdanning og rett til tilskott. Etterspurnad og betalingsvilje i marknaden skal i hovudsak styre tilbodet av fagskoleutdanning. I revidert lov om fagskoleutdanning er løyvet til å krevje eigenbetaling av studentane presisert. Tilbydarar av fagskoleutdanning kan berre krevje eigenbetaling i den grad det ved tildeling av tilskott ikkje er bestemt at utdanninga skal vere gratis. Statstilskott og eigenbetaling skal komme studentane til gode, og lova gir ikkje opning for å ta ut økonomisk utbytte.
Teknisk fagskoleutdanning var omfatta av ei overgangsordning fastsett i forskrift 10. november 2003 nr. 1343 om godkjenning etter lov om fagskoleutdanning. Overgangsordninga bestemte at tilbydarar som hadde søkt NOKUT om godkjenning innan 10. november 2006, og anten hadde fått godkjenning eller venta på at søknaden skulle bli ferdig handsama, oppfylte vilkåra for å få tilskott i 2007. Alle dei tekniske fagskoleutdanningane som har tilskott hausten 2007, er no godkjende av NOKUT.
Departementet foreslår å føre vidare tilskott til teknisk fagskoleutdanning på same nivå som i 2007.
Teknisk fagskoleutdanning er eit toårig tilbod om fagskoleutdanning i fylkeskommunal regi. Opplæring på fagskolenivå skal vere i samsvar med definerte behov i arbeidslivet. Opplysningar ein skal hente inn for å klargjere måloppnåinga, er studenttal og tilbydde fagområde innanfor teknisk fagskoleutdanning. Tilskottsmottakarar er fylkeskommunar som tilbyr teknisk fagskoleutdanning som er godkjend etter lov om fagskoleutdanning. Tilskottet blir utrekna på grunnlag av innrapporterte studenttal. Tilskottsmottakar må sende inn oversikt over studenttal før tilskottet blir rekna ut. Dei skal rapportere rekneskap og endeleg elevtal gjennom KOSTRA.
Det var 2 949 innrapporterte heiltidsstudentar i teknisk fagskoleutdanning hausten 2006. Dette er ein nedgang på 123 heiltidsstudentar sidan hausten 2005.
Talet på godkjende fagskoleutdanningar har auka kraftig det siste halvanna året. 1. januar 2006 var det godkjend elleve fagskoleutdanningar. Om lag 580 søknader var under behandling. 1. januar 2007 var 468 godkjende og om lag 200 søknader under behandling. 1. september 2007 var tala 818 og 360.
Med bakgrunn i Stortinget si handsaming av dei såkalla 6A-skolane, jf. Ot.prp. nr. 37, er kap. 276 post 70 auka med 6,7 mill. kroner i høve til 2007. Auken er knytt til ei rammeoverføring frå kap. 228 post 70 og tilskottet til dei to skolane Hald internasjonale senter og Menighetsbibelskolen.
Departementet foreslår å løyve 304,1 mill. kroner på kap. 276 post 70.
Kap. 281 Fellesutgifter for universitet og høgskolar
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2006 | Saldert budsjett 2007 | Forslag 2008 |
01 | Driftsutgifter | 343 153 | 310 308 | 347 960 |
21 | Særskilde driftsutgifter | 243 | ||
45 | Større utstyrsinnkjøp og vedlikehald , kan overførast | 19 100 | 14 151 | 14 505 |
51 | Senter for internasjonalisering av høgre utdanning | 23 480 | 36 897 | 37 309 |
73 | Tilskott til internasjonale program | 71 160 | 11 200 | 16 200 |
74 | Tilskott til UNIS | 94 885 | 75 474 | 78 719 |
75 | UNINETT | 34 169 | 22 867 | 23 850 |
76 | Tilskott til NORDUnet , kan overførast | 17 564 | 16 898 | 17 625 |
78 | Tilskott til Universitets- og høgskolerådet | 11 728 | 12 174 | 12 697 |
79 | Ny universitetsklinikk i Trondheim , kan overførast | 279 672 | 263 652 | 274 989 |
Sum kap. 281 | 895 154 | 763 621 | 823 854 |
Kap. 281 Fellesutgifter for universitet og høgskolar omfattar både tiltak som skal medverke til kvalitetsutvikling og kvalitetssikring, samordning av prioriterte område, vedlikehald og større innkjøp av utstyr og andre meir permanente tiltak.
Post 01 Driftsutgifter
Dei ulike tiltaka under post 01 er knytte til realfag, maritim strategi, lærarutdanning, kunstutdanning, internasjonalisering, forsking og formidling, dokumentasjon, statistikk og analyse og andre tiltak. Nokre er eingongsløyvingar for å møte særskilde utfordringar i løpet av året, medan andre blir førde vidare over fleire år.
Realfag
I 2007 nyttar departementet om lag 23 mill. kroner på tiltak på realfagssida, herunder Artsdatabanken og Andøya romfartssenter (NAROM).
Artsdatabanken er ei uavhengig eining ved Vitskapsmuseet ved NTNU og skal gi elektronisk oversikt med informasjon om biologiske artar i Noreg som blir nytta i miljøforvaltning, undervisning og forsking. I desember 2006 la Artsdatabanken fram den reviderte Raudlista for trua og sårbare artar. Våren 2007 la Artsdatabanken fram ei oversikt over framande artar som kan utgjere ein økologisk risiko i Noreg. I budsjettet for 2007 vart tildelinga til Artsdatabanken over budsjettet til Kunnskapsdepartementet auka med 3 mill. kroner, til 12,8 mill. kroner totalt. Departementet foreslår å føre tilskottet vidare i 2008.
NAROM på Andøya skal medverke til å sikre rekrutteringa til norsk romverksemd og auke interessa for real- og teknologifaga. NAROM vart tildelt 5 mill. kroner i 2007, og departementet foreslår å føre tilskottet vidare i 2008.
MIT FabLab Norway er ein del av Massachusetts Institute of Technology (MIT) sitt nettverk av lokale feltlabboratorium som driv FoU- og formidlingsverksemd. MIT FabLab Norway har sidan oppstartinga i 2005 motteke driftstilskott frå departementet. Departementet foreslår å redusere tilskottet frå 2 mill. kroner i 2007 til 1,5 mill. kroner i 2008.
I Soria Moria-erklæringa har regjeringa sagt at ein ønsker å auke innsatsen med tanke på rekruttering til realfaga. For å byggje vidare på realfagssatsinga frå 2007, tek departementet sikte på å vidareføre satsinga på realfag og RENATE (Nasjonalt senter for kontakt med arbeidslivet om rekruttering til realfag).
Maritim strategi
Som ledd i Regjeringas maritime strategi foreslår Regjeringa å løyve 100 mill. kroner til maritim næringsverksemd. 17 mill. kroner av desse er foreslått fordelte over budsjettet til Kunnskapsdepartementet til ulike kompetanseutviklingstiltak innan maritim sektor.
Lærarutdanning
Departementet har i 2007 mellom anna tildelt 6 mill. kroner til Utdanningsdirektoratet for å organisere eit treårig pilotprosjekt som skal utvikle nye modellar for kontakt og samhandling mellom skole- og barnehageeigarar og lærarutdanningsinstitusjonane. Vidare har departementet tildelt 5 mill. kroner til NTNU og Universitetet i Agder for å leie eit treårig pilotprosjekt som skal utvikle gode ansvars- og samarbeidsrelasjonar mellom høgskole og praksisskole og praksisbarnehage.
For å auke kunnskapsgrunnlaget om praksisundervisninga har departementet i samarbeid med Universitets- og høgskolerådet (UHR), Kommunenes Sentralforbund (KS) og lærarorganisasjonane teke initiativ til ei kartlegging av korleis øvingslæraravtalen blir praktisert. Evalueringa blir sluttført hausten 2007.
Departementet har tildelt 4,7 mill. kroner i 2007 til Utdanningsdirektoratet til etterutdanning av lærarar. Direktoratet fekk vidare 8,5 mill. kroner over kap. 281 og 7 mill. kroner over kap. 226 til rettleiing av nyutdanna lærarar. Tiltaket er evaluert og har fått god tilbakemelding.
Departementet har tildelt 8 mill. kroner i 2007 til Praksisretta forskings- og utviklingsarbeid i barnehage, grunnopplæring og lærarutdanning, eit program i NFR-regi. For nærmare omtale, sjå kap. 275.
I tillegg har departementet i 2007 mellom anna tildelt midlar til studietilbod for minoritetsspråklege lærarar og førskolelærarar, ein FoU-konferanse for fagpersonale i lærarutdanningane og eit nettbasert vidareutdanningstilbod for personar med minst treårig pedagogisk utdanning som manglar førskolelærarkompetanse. NTNU og Høgskolen i Sør-Trøndelag er tildelte midlar for oppstart av eit samarbeidsprosjekt om treårig yrkesfaglærarutdanning. Høgskolen i Vestfold fekk i 2007 midlar for å prøve ut ei ny fireårig ungdomsskolelærarutdanning. Høgskolen i Telemark fekk i 2007 midlar for i samarbeid med Notodden kommune å utvikle ei allmennlærarutdanning som legg ein større del av studiet til praksisskolen.
For å gje stønad til universiteta og høgskolane i samband med gjennomføring av intervju i opptaksprosessen ved lærarutdanninga, foreslår departementet å auke løyvinga på kap. 281 med 1 mill. kroner mot ein reduksjon på kap. 226 post 21 og kap. 220 post 01.
Kunstutdanning
I 2007 nyttar departementet om lag 20 mill. kroner til ulike tiltak for kunstutdanningane.
I tråd med St.meld. nr. 18 (2001–2002) Kvalitetsreformen. Om høyere kunstutdanning har departementet oppretta eit stipendprogram for kunstnarleg utviklingsarbeid. Programmet er ein parallell til det ordinære doktorgradsprogrammet og skal føre fram til kompetanse som førsteamanuensis. Departementet finansierer 17 stillingar i 2007 og foreslår å styrkje ordninga med tre nye stillingar i 2008, til totalt 20 stillingar.
Løyvinga på post 01 er redusert med 2,9 mill. kroner i 2007 i samband med at husleige for Kunsthøgskolen i Oslo som tidlegare er dekt over kap. 281 post 01, er lagt inn i ramma til høgskolen.
Forsking og formidling
Departementet nyttar om lag 50 mill. kroner i 2007 til ulike tiltak innanfor forsking og formidling, herunder om lag 40 mill. kroner til Noregs forskingsråds fellestiltak for dei statlege høgskolane. Dei omfattar mellom anna Verkemiddel for regional FoU og innovasjon (VRI) (ei vidareføring av Mobilisering av FoU-relatert innovasjon (MOBI)), Strategiske høgskoleprosjekter (SHP) (sjå omtale under kap. 275) og FORNY-programmet. Departementet foreslår å vidareføre løyvinga til desse fellestiltaka i 2008.
Forskingsprogrammet Kunnskap, utdanning og læring (KUL) blir avslutta i 2007 og følgt opp av eit nytt program i NFR, jf. omtale i kategori 07.50. Programmet skal mellom anna leggje til rette for meir robuste fagmiljø på utdanningsfeltet.
Komiteen Kvinner i forsking vart oppretta i 2004 for ein treårsperiode og skal hjelpe universitet, høgskolar og forskingsinstitutt med å innlemme likestillingsarbeidet i den langsiktige og strategiske utviklinga. Departementet har god erfaring med komiteen og har ført vidare ordninga med nytt mandat og ei budsjettramme på 3 mill. kroner årleg for ein ny treårsperiode frå og med 1. april 2007. Departementet foreslår for 2008 å tildele 1,5 mill. kroner over kap. 281 post 01 og 1,5 mill. kroner over kap. 285 post 52 til dette tiltaket.
DigForsk AS driv digitalisering av data frå arkiv og museum, og er eigd av Universitetet i Oslo. Det er ein føresetnad at selskapet skal drive på grunnlag av oppdragsinntekter frå universitetsmusea. Universiteta og musea fekk tidlegare utført oppdraga frå DigForsk gratis, men må no tilpasse budsjetta til den nye organiseringa av verksemda. Departementet foreslår å gi 2 mill. kroner som eingongstildeling i 2008 for å kunne halde oppe digitaliseringa av data frå arkiv og musea.
Riksrevisjonen konkluderte i 2003 med at fleire av samlingane ved universitetsmusea ikkje vart oppbevarte under gode nok tilhøve. Det er eit vedvarande behov for vedlikehald ved musea, og departementet har i 2007 sett av midlar til dette formålet. Departementet tek sikte på å leggje fram ei stortingsmelding om universitetsmusea i løpet av våren 2008, sjå omtale under kategoriinnleiinga.
Det er eit stort behov for å rekruttere spesialistar med doktorgradsutdanning til vitskapelege stillingar ved universiteta og dei regionale kompetansesentra i odontologi. Dei odontologiske fakulteta har foreslått å etablere eit dobbeltkompetanseløp der spesialistutdanninga og doktorgradsutdanninga blir kombinert. Ein viktig premiss for å få gode kandidatar til å ta den kombinerte utdanninga og bli i forskarstillingar er at kandidatane får lønn under spesialistutdanninga. Regjeringa foreslår på denne bakgrunnen å styrkje løyvinga over kap. 281 post 01 med 1,3 mill. kroner for 2008.
NOKUT
NOKUT er eit statleg organ som er uavhengig i enkeltsaker, og som skal kontrollere og utvikle kvaliteten ved norske universitet, høgskolar og fagskolar. NOKUT handsamar også enkeltsøknader om generell godkjenning av utanlandsk utdanning. I 2007 tildelte departementet 41,6 mill. kroner over post 01 til NOKUT. Departementet foreslår å vidareføre løyvinga til NOKUT i 2008.
Kunnskapsdepartementet inngjekk i 2007 ein kontrakt med ei internasjonal evalueringsgruppe, med NIFU-STEP som sekretariat, om evaluering av NOKUT. Evalueringa skal gi departementet meir kunnskap om korleis NOKUT utfører dei lovpålagde oppgåvene sine, og om NOKUT tilfredsstiller kriteria for medlemskap i European Assosiation of Quality Assurance Agencies. Evalueringa er venta i løpet av februar 2008.
Departementet tek sikte på å be NOKUT om å starte evaluering av førskolelærarutdanninga i 2008.
Noregsuniversitetet
Noregsuniversitetet (NUV) er eit nasjonalt organ under Kunnskapsdepartementet. Organet skal stimulere til utvikling av fleksibel og livslang læring i høgre utdanning og styrking av kontakten mellom arbeidslivet og høgre utdanning. Styret til NUV er samansett av partane i arbeidslivet, private og offentlige høgre utdanningsinstitusjonar og studentorganisasjonane.
NUV mottek statleg stønad på 19,4 mill. kroner i 2007, der om lag 11 mill. kroner blir fordelte som støtte til utvikling av fleksible utdanningstilbod ved universitet og høgskolar. Departementet foreslår å vidareføre midlane til NUV i 2008.
Samordna opptak
Samordna opptak (SO) koordinerer opptak til høgre utdanning. SO er lagt til Universitetet i Oslo, men er organisert i samsvar med § 1-4 (4) i universitets- og høyskolelova. SO vart tildelt 22,8 mill. kroner i 2007. Departementet foreslår å vidareføre midlane til SO i 2008.
Internasjonalisering
I 2007 har departementet sett av om lag 3 mill. kroner til ulike internasjonaliseringstiltak, herunder oppfølging av norsk-russisk samarbeid, Nord-Amerikastrategien og Bologna-prosessen.
Vidareutvikling av samarbeid med høgre lærestader i Nord-Amerika er særskilt prioritert i dei neste åra. Det er ønskjeleg med gjensidig student- og lærarutveksling og fagleg samarbeid. Departementet foreslår for 2008 å løyve 5 mill. kroner til Nord-Amerika-samarbeid.
Nordområdestrategien legg særleg vekt på kunnskapsutvikling i nord. Dette er ein nasjonal strategi der alle lærestader skal medverke for å nå dei måla Regjeringa har sett. UiTø, NTNU, UiS og høgskolane i Finnmark, Trømsø og Narvik har teke initiativ til samarbeidsprosjektet EnergiCampus Nord (ECN) i Hammerfest. Satsing på høgre utdanning i energifag er i tråd med både Nordområdestrategien og realfagssatsinga. Regjeringa foreslår eit eingongstilskott på 3 mill. kroner i 2008 til høgre utdanningstilbod i energirelaterte fag i nord. Det er ein føresetnad at institusjonane organiserer tilbodet internt.
Departementet foreslår å nytte samla om lag 10 mill. kroner til tiltak for internasjonalisering i budsjettet for 2008.
Andre tiltak
Departementet har i 2007 sett av om lag 50 mill. kroner til andre fellestiltak i universitets- og høgskolesektoren, herunder 34,3 mill. kroner til nordisk avtale om adgang til høgre utdanning og 3 mill. kroner til BIBSYS.
Stortinget vedtok i handsaminga av budsjettet for 2005 å løyve 4,5 mill. kroner til trafikkflygarutdanninga ved Norwegian Aviation College (NAC). Stortinget vedtok vidare å løyve ytterlegare 4,5 mill. kroner i budsjettet for 2006. Løyvinga i 2005 vart klaga inn for EFTA Surveillance Authority (ESA). NAC vart erklært konkurs i juni 2007. Klaga er ikkje ferdig handsame av ESA. Midlane i statsbudsjettet for 2006 vart ikkje utbetalte, og departementet foreslår å ikkje vidareføre løyvinga i 2008. Departementet vil komme tilbake med denne saka til Stortinget hausten 2007.
Utvalet for godkjenning og godskriving av høgre utdanning (Brautasetutvalet) la fram sin rapport i 2007. Departementet foreslår å løyve 3 mill. kroner til Brautasetutvalet for å følgje opp rapporten i 2008.
Dokumentasjon, statistikk og analyse
Departementet nytta i 2007 om lag 18 mill. kroner til ulike tiltak for dokumentasjon, statistikk og analyse. Av dette vart det tildelt 8,1 mill. kroner til Norsk samfunnsvitskapleg datatjeneste for drift av Database for statistikk om høgre utdanning (DBH), eit datavarehus for informasjon om norske universitet og høgskolar. Det vart vidare tildelt 5,8 mill. kroner til dei tre strategiske instituttprogramma ved NIFU STEP: Kompetansebygging og kunnskapsbehov i arbeidslivet, Individuelle val og institusjonelle strategiar i høgre utdanning og Studiar av internasjonale utviklingstendensar i høgre utdanning.
Post 45 Større utstyrsinnkjøp og vedlikehald, kan overførast
Departementet fordeler løyvinga på post 45 til større investeringar ved universitet og høgskolar. I 2006 nytta departementet om lag 19 mill. kroner til slike tiltak. Ein tildelte 13 mill. kroner til ulike vedlikehaldstiltak og utstyrsinvesteringar ved Høgskolen i Lillehammer, Høgskolen i Oslo, Høgskolen i Sør-Trøndelag, Noregs veterinærhøgskole og Noregs idrettshøgskole. 5 mill. kroner vart nytta til sikring og bevaring av musea ved Universitetet i Bergen, Universitetet i Tromsø og NTNU. Universitetet i Oslo fekk 1,1 mill. kroner til interaktivt informasjonssystem ved Samordna opptak.
Departementet foreslår å vidareføre løyvinga i 2008 på same nivå som i budsjettet for 2007.
Post 51 Senter for internasjonalisering av høgre utdanning
Rapport for 2006–07
Senter for internasjonalisering av høgre utdanning (SIU) har fem hovudområde for virket sitt: programdrift, profilering av norsk høgre utdanning og norske universitet og høgskolar i utlandet, informasjon, kompetansebygging og rådgiving. SIU er programkontor for Erasmus Mundus og frå 2007–13 for EUs program for livslang læring. Fram til 31. desember 2006 var det programkontor for Sokrates og e-læringsprogrammet, der aktivitetane no er del av Livslang læringsprogrammet. I tillegg har SIU nokre mindre oppdrag frå Kunnskapsdepartementet og fleire program for Utanriksdepartementet og NORAD.
SIU har drive programma på ein god måte. Dei EU-programma som SIU administrerer, har hatt god og delvis auka deltaking i 2005. For omtale av resultata for Sokrates og Erasmus Mundus, sjå kap. 281 post 73. For omtale av e-læringsprogrammet, sjå kap. 226 post 21.
Nettstaden www.studyinnorway.no har synt seg som ein god reiskap for profileringa av norsk høgre utdanning. SIU har òg eit godt publikasjonsprogram med trykt materiale, både for profilerings- og informasjonsarbeidet sitt. Vidare har SIU på fleire felt vore ein nyttig partnar for departementet med informasjonstiltak som støtte for ulike internasjonale satsingar. SIU har oppgradert nettsidene sine og gjort dei meir brukarretta. SIU har òg utvikla seg til eit viktig kompetanseorgan for utdanningssamarbeidet med Sør, og samarbeidet med NORAD og Utanriksdepartementet har vakse og utvikla seg. Utarbeiding av styringsinformasjon har derimot ikkje kome så langt som venta, sjølv om den nye mobilitetsrapporten, som skal bli ein årleg publikasjon, er eit viktig steg på vegen.
Mål for 2008
SIU må syte for god og brei deltaking i dei programma organisasjonen har ansvar for. Utvikling av eit administrativt system som vil gjere det lettare å få ut betre styringsinformasjon på tvers av programma, er òg svært viktig.
SIU må syte for ein god presentasjon av norsk høgre utdanning på studyinnorway-nettsidene og gjennom andre relevante kanalar.
Gjennom god fagleg informasjon må SIU medverke til internasjonaliseringsarbeidet i universitets- og høgskolesektoren og i målgruppene for dei ulike programma som SIU har ansvar for. SIU skal vere eit kompetanseorgan til støtte for internasjonaliseringa ved universiteta og høgskolane, og i tillegg gi råd til offentlege styresmakter som ber om det. SIU skal vidare medverke til å utvikle betre styringsinformasjon om internasjonaliseringsarbeidet i universitets- og høgskolesektoren.
Budsjettforslag for 2008
Departementet foreslår å løyve totalt 37,3 mill. kroner til SIU i budsjettet for 2008.
Post 73 Tilskott til internasjonale program
Frå 2007 er målet med tilskottet å leggje til rette for norsk deltaking i EU-programmet Erasmus Mundus og nokre mindre aktivitetar på utdanningsområdet for å oppnå internasjonalisering av norsk høgre utdanning. SIU er nasjonalkontor for Erasmus Mundus, sjå omtale under post 01.
Rapport for 2006–07
Erasmus Mundus omfattar fellesgradar på masternivå og stipendprogram for studentar og forskarar frå land utanfor EU/EØS. Samarbeidet gjekk godt frå eit norsk synspunkt også i 2006. Norske institusjonar deltek i elleve av 80 mastergradskonsortium, og UiO koordinerer konsortiet Higher Education Erasmus Mundus Mastergrad. I tillegg deltek norske universitet og høgskolar i fire av dei totalt 14 nettverka som skal syne partnarar frå land utanfor Europa at europeisk høgre utdanning er attraktiv.
Sokrates omfattar samarbeid innanfor allmennfag på alle nivå i utdanningssystemet. I skolesamarbeidet Comenius fekk i alt 234 norske skolar og barnehagar støtte i 2006. 150 av dei fekk støtte til europeiske skolepartnarskap, 15 til språkprosjekt og 45 til skoleutviklingsprosjekt. Dette omfattar i alt om lag 12 000 elevar og lærarar. I tillegg fekk 107 lærarar stipend til etterutdanning i utlandet (68 i framandspråk og 39 i andre fag).
I Erasmus var det ein auke på 10 pst. i talet på utreisande studentar og ein auke på 4 pst. i talet på utreisande lærarar. Talet på innreisande studentar auka med nesten 23 pst., medan auken i lærarutvekslinga var meir moderat. Norske universitet og høgskolar er framleis med i få faglege utviklingsprosjekt i Erasmus. Høgskolen i Hedmark fekk støtte til sluttkonferanse for første periode av det tematiske nettverket Consumer Citizenship Network i Erasmusprogrammet.
Departementet ser det som eit mål å auke deltakinga i Erasmus Mundus ytterlegare og førebu neste fase av dette programmet, som tek til i 2009.
Løyvinga på post 73 er auka med 5 mill. kroner som følgje av auka kontingentutgiftar.
Departementet foreslår å løyve 16,2 mill. kroner i 2008 på post 73 for å dekkje deltakinga i EU-programmet Erasmus Mundus og dei andre mindre aktivitetane på posten.
Post 74 Tilskott til UNIS
Universitetssenteret på Svalbard AS (UNIS) vart oppretta som eit statleg aksjeselskap 29. november 2002, der Kunnskapsdepartementet forvaltar eigarinteressene til staten. Selskapet avløyste stiftinga Universitetsstudia på Svalbard, som vart oppretta av dei fire daverande norske universiteta i 1994.
Formålet med tilskottsordninga er å medverke til at UNIS tilbyr høgre utdanning og driv forsking med utgangspunkt i at Svalbard ligg i eit høgarktisk område. UNIS skal vere eit supplement til lærestadane på fastlandet. For at dette skal lykkast, er det naudsynt at UNIS vidareutviklar samarbeidet med både universitet og høgskolar.
Rapport for 2006–07
Universitetssenteret på Svalbard har gitt gode resultat med omsyn til undervisning, forsking og bidrag til lokalsamfunnet i Longyearbyen. UNIS har fire studieretningar: arktisk biologi, arktisk geologi, arktisk geofysikk og arktisk teknologi. Studentaktiviteten utgjorde 113 60-studiepoengseiningar i 2006. Dette er 13 færre enn året før. 55 pst. av studentane var norske. Dette er 9 pst. fleire enn i fjor. I 2006 var det 19 mastergradsstudentar og tre doktorgradsstudentar som vart uteksaminerte ved UNIS.
Svalbard Forskingspark er ei samlokalisering av alle dei akademiske miljøa i Longyearbyen og omfattar mellom anna kontor, undervisningsrom og laboratorium for UNIS, Svalbard Museum, samt felles lager og verkstader for UNIS og Norsk Polarinstitutt. I november 2005 vart lokala i Svalbard Forskingspark tekne i bruk. Lokala til Nordlysobservatoriet vart tekne i bruk hausten 2007.
Samarbeidet mellom UNIS og Kings Bay AS i Ny-Ålesund bør vidareutviklast. UNIS må vidare arbeide med å utvikle konstruktivt samarbeid med andre aktørar som Forskingsrådet, Polarinstituttet og Svalbard Science Forum i samband med koordinering og tilrettelegging for utdannings- og forskingsaktivitetane.
Departementet foreslår å løyve 78,7 mill. kroner til UNIS i 2008.
Post 75 UNINETT
UNINETT AS er eit heileigd statleg aksjeselskap, der Kunnskapsdepartementet forvaltar eigarinteressene. Konsernet omfattar morselskapet UNINETT AS og dei heileigde dotterselskapa UNINETT ABC AS, UNINETT FAS AS, UNINETT Nordid AS og UNINETT Sigma AS.
UNINETT AS har til formål å utvikle eit landsomfattande elektronisk datanett for forsking og utdanning med tenester på linje med det beste som finst i det internasjonale akademiske miljøet, påskunde bruk av opne internasjonale standardar innanfor datakommunikasjon, ta seg av samtrafikk med aktuelle nasjonale og internasjonale nettoperatørar og stimulere til nødvendig forskings- og utvikslingsaktivitet i desse områda.
UNINETT AS driv det akademiske forskingsnettet i Noreg. UNINETT ABC AS utviklar arkitektur og strategi for utbygging av infrastruktur, tenester og læringssystem til heile utdanningssektoren. UNINETT FAS AS utfører teknisk drift av dei administrative systema for universitets- og høgskolesektoren. UNINETT Nordid AS er eininga for registrering for .no-domenet. UNINETT Sigma AS har ansvaret for operativ drift og utvikling av norsk tungrekning.
Tilskottsordninga skal medverke til å vidareutvikle eit landsomfattande elektronisk datanett for forsking og utdanning der målgruppa i hovudsak er institusjonar i universitets- og høgskolesektoren som er underlagde Kunnskapsdepartementet. Vidare kan UNINETT AS tene andre institusjonar av ikkje-kommersiell art som har tilknyting til forsking og/eller utdanning.
Rapport for 2006–07
Selskapa blir drivne frå felles kontor i Trondheim. Ved utgangen av 2006 hadde UNINETT AS 48 tilsette. I konsernet var det totalt 85 tilsette. Ved utgangen av 2006 hadde UNINETT AS 191 institusjonar tilslutta forskingsnettet.
UNINETT AS har arbeid med utbygging av gigabytekapasitet i forskingsnettet og har no starta forhandlingar om og planlegging av ein ny generasjon forskingsnett (hybridnett). Dei lokale campusnetta må synkroniserast med forskingsnettet som bind campusane saman. Gjennom Gigacampus-programmet søkjer universitets- og høgskolesektoren å gjennomføre eit teknologiløft for å ruste opp kvaliteten og tilgangen i campusnettet. Prosjektet skal gi standardisert opprusting av den lokale campusinfrastrukturen og den lokale IKT-kompetansen ved institusjonane.
FEIDE er eit nasjonalt tiltak for Felles Elektronisk IDEntitetsforvaltning. I februar 2006 bestemte departementet at FEIDE skal leggjast til grunn for heile utdanningssektoren. Hausten 2006 vart dei første vidaregåande skolane tilkopla.
I 2006 og 2007 øyremerkte departementet 15 mill. kroner av løyvinga til institusjonane i universitets- og høgskolesektoren til Gigacampus-prosjektet, jf. St.prp. nr. 1 (2006–2007) for Kunnskapsdepartementet. Prosjektet blir følgt opp vidare i 2008 og 2009.
Departementet foreslår å løyve 23,9 mill. kroner til UNINETT AS i 2008.
Post 76 Tilskott til NORDUnet, kan overførast
NORDUnet AS er ein nordisk nettverksorganisasjon som skal sikre felles nettinfrastruktur for dei nordiske universitets- og høgskolesektorane, samt knyte dei til internasjonale nett og nett-tenester. Siktemålet er å gi nettbrukarane i dei nordiske landa høgre kvalitet og lågare pris enn det dei nasjonale nettverksorganisasjonane kan oppnå på eiga hand.
NORDUnet AS er eigd av dei nasjonale nettverksorganisasjonane, er organisert som eit dansk aksjeselskap og er underlagt dansk lovgiving. UNINETT AS forvaltar dei norske interessene i selskapet. Kostnadene knytte til samarbeidet i NORDUnet AS blir delte mellom medlemslanda etter brutto nasjonalprodukt.
Veksten i nettverkstrafikken var på om lag 34 pst. i 2006. Den store kapasiteten og dubleringane i nettet sikra pålitelege og raske tenester. I 2006 arbeidde NORDUnet AS med å førebu nettverket NORDUfibre basert på fiberoptisk kommunikasjon. NORDUnet AS og dei nordiske forskingsnetta deltek aktivt i den europeiske nettutviklinga.
Departementet foreslår ei løyving på 17,6 mill. kroner til NORDUnet AS i 2008.
Post 78 Tilskott til Universitets- og høgskolerådet
Universitets- og høgskolerådet (UHR) er eit fellesorgan for statlege institusjonar innanfor høgre utdanning. UHR fekk i 2007 eit tilskot på om lag 12,2 mill. kroner, herunder 4,2 mill. kroner til utgiving av lærebøker. Tilskottet skal fremme samordning og arbeidsdeling i universitets- og høgskolesektoren innanfor prioriterte arbeidsområde knytte til forsking, utdanning og internasjonalisering.
Ein viktig del av arbeidet i UHR i 2006 har vore oppfølging og arbeid med Kvalitetsreforma, NOKUT si evaluering av allmennlærarutdanninga, integreringstiltak i universitets- og høgskolesektoren, den nye bokstavkarakterskalaen og rapport med språkpolitiske tilrådingar til universitets- og høgskolesektoren. UHR leverte i 2006 rapporten frå Formidling II-utvalet til departementet.
Departementet foreslår å løyve 12,7 mill. kroner til UHR i 2008.
Post 79 Ny universitetsklinikk i Trondheim, kan overførast
Stortinget vedtok våren 2002 å setje i gang utbygging av ny universitetsklinikk i Trondheim. Utbygginga er delt inn i to byggefasar og skal innehalde areal til sjukehus-, universitets- og høgskoleformål i ein integrert universitetsklinikk. Formålet med tilskottet er å finansiere universitets- og høgskoledelen av klinikken.
Rapport for 2006–07
Første byggjefase vart ferdig hausten 2006 og omfattar mellom anna Laboratoriesenteret, Kvinne–barn-senteret og Nevrosenteret. Sentra i byggjefase ein er ferdigstilte og overleverte brukarane. Som forventa er kostnadene for byggjefase ein realisert innanfor styringsramma.
Byggjefase to er sett i gang og omfattar 1902-bygget (tidlegare administrasjonsbygget), Bevegelsessenteret, Gastrosenteret, Kunnskapssenteret, Akuttsenteret/Hjerte–lungesenteret og andre fase av Laboratoriesenteret. Det er lagt til grunn at universitets- og høgskoleareala i fase to blir finansierte over Kunnskapsdepartementets budsjett i høve til delen av totalt areal i dei ulike fasane, men avgrensa til maksimalt 1 135 mill. kroner (prisnivå desember 2004), jf. Innst. S. nr. 240 (2004–2005) og St.prp. nr. 65 (2004–2005). Arealramma for universitets- og høgskoledelen av byggjeprosjektet utgjer 49 500 kvm, der om lag 22 500 kvm skal realiserast i fase to i tillegg til felles teknisk infrastruktur.
Departementet utbetalte 279,7 mill. kroner til Helse Midt-Noreg RHF til utbygging av universitets- og høgskoledelen av St. Olavs hospital i 2006.
Sjå også omtale av byggjeprosjektet i St.prp. nr. 1 (2007–2008) for Helse- og omsorgsdepartementet, kap. 732.
Budsjettforslag for 2008
Regjeringa foreslår ei løyving på 275 mill. kroner til utbygging av universitets- og høgskoledelen av universitetsklinikken i Trondheim i 2008. For omtale av utstyr til universitets- og høgskoledelen av klinikken, sjå kap. 271.
Kap. 3281 Fellesutgifter for universitet og høgskolar
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2006 | Saldert budsjett 2007 | Forslag 2008 |
02 | Salsinntekter o.a. | 1 571 | 10 | 10 |
15 | Refusjon for arbeidsmarknadstiltak | 35 | ||
16 | Refusjon av fødselspengar/adopsjonspengar | 596 | ||
18 | Refusjon av sjukepengar | 327 | ||
Sum kap. 3281 | 2 529 | 10 | 10 |
Programkategori 07.70 Forsking
Utgifter under programkategori 07.70 fordelte på kapittel
(i 1 000 kr) | |||||
---|---|---|---|---|---|
Kap. | Nemning | Rekneskap 2006 | Saldert budsjett 2007 | Forslag 2008 | Pst. endr. 07/08 |
283 | Meteorologiformål | 239 634 | 255 026 | 262 832 | 3,1 |
285 | Noregs forskingsråd | 1 317 600 | 1 310 534 | 1 315 338 | 0,4 |
286 | Fondet for forsking og nyskaping | 14 709 003 | 10 939 560 | 6 939 560 | -36,6 |
287 | Forskingsinstitutt og andre tiltak | 132 717 | 140 937 | 153 673 | 9,0 |
288 | Internasjonale samarbeidstiltak | 896 782 | 807 529 | 1 165 103 | 44,3 |
Sum kategori 07.70 | 17 295 736 | 13 453 586 | 9 836 506 | -26,9 |
Budsjettforslaget for utgifter under kategori 07.70 utgjer 9,8 mrd. kroner. Dette er ein nedgang på 3,6 mrd. kroner i høve til saldert budsjett 2007. Nedgangen skriv seg frå at Fondet for forsking og nyskaping vart styrkt med 10 mrd. kroner i 2007, medan det for 2008 er foreslått å auke kapitalen med 6 mrd. kroner. Korrigert for endringar i fondskapital gir budsjettforslaget ein auke på 383 mill. kroner i høve til 2007. Auken skriv seg i hovudsak frå auka utgifter til EUs sjuande rammeprogram.
Inntekter under programkategori 07.70 fordelte på kapittel
(i 1 000 kr) | |||||
---|---|---|---|---|---|
Kap. | Nemning | Rekneskap 2006 | Saldert budsjett 2007 | Forslag 2008 | Pst. endr. 07/08 |
3286 | Fondet for forsking og nyskaping | 2 135 303 | 2 653 460 | 3 084 460 | 16,2 |
3287 | Forskingsinstitutt og andre tiltak | 21 513 | 21 500 | 21 500 | 0,0 |
3288 | Internasjonale samarbeidstiltak | 3 525 | 3 445 | 4 043 | 17,4 |
Sum kategori 07.70 | 2 160 341 | 2 678 405 | 3 110 003 | 16,1 |
Budsjettforslaget for inntekter under kategori 07.70 utgjer om lag 3,1 mrd. kroner. Dette er ein auke på om lag 432 mill. kroner i høve til saldert budsjett 2007. Auken skriv seg i all hovudsak frå den auka avkastninga frå Fondet for forsking og nyskaping.
Størstedelen av forskingsløyvingane under kategori 07.70 omfattar løyvingar frå Kunnskapsdepartementet til forsking gjennom Forskingsrådet og løyvingar til internasjonalt forskingssamarbeid. Direkte forskingsløyvingar til universitet og høgskolar er omtalte under kategori 07.60. Alle departementa finansierer forsking på sine område. For ein omtale av den samla satsinga på forsking i statsbudsjettet, sjå under del III kap. 5 Forsking og utvikling i statsbudsjettet.
Mål: Høg kvalitet i forskinga
Regjeringa ønskjer at norsk forsking skal gi ny kunnskap, føre til framtidig verdiskaping og medverke til å løyse viktige utfordringar i samfunnet. For å oppnå det må forskinga vere god. Høg kvalitet er eit overordna mål for dei offentlege forskingsløyvingane. Målet har tre delelement:
Kvalitet i spiss: Norsk forsking skal på nokre område hevde seg i den internasjonale forskingsfronten.
Kvalitet i breidda: Forskingsløyvingane skal fremme forsking av god kvalitet, uavhengig av fagområde.
Kvalitet innanfor prioriterte satsingsområde: Noreg skal byggje opp solide kunnskapsmiljø på område som er særleg viktige for samfunns- og næringslivet.
Innanfor alle delelementa vil forskarrekruttering og internasjonalisering vere viktige dimensjonar.
Forskingsfinansieringa gjennom Noregs forskingsråd sikrar kvalitet ved at forskarar frå heile landet må konkurrere om midlar. Søknadene blir vurderte av fagpanel med internasjonal deltaking, og berre dei søknadene som får best vurdering, får finansiering. Forskingsrådet har ein portefølje av verkemiddel som er retta mot dei ulike delelementa i målet. Verkemidla er retta mot alle typar forskingsmiljø, frå universitet og høgskolar til forskingsinstitutt og næringsliv.
Målet om høg kvalitet i forskinga ligg også til grunn for den direkte finansieringa av forsking i universitets- og høgskolesektoren. Sjå kategori 07.60 for meir omtale av dette. På same vis ligg det til grunn for arbeidet med eit nytt finansieringssystem for forskingsinstituttsektoren, jf. omtale i del III kap. 5 Forsking og utvikling i statsbudsjettet.
Fondet for forsking og nyskaping finansierer no hovudtyngda av løyvingane til Forskingsrådet over budsjettet til Kunnskapsdepartementet. Fondet vart oppretta i 1999 med det formålet å styrkje kvaliteten i norsk forsking gjennom å sikre langsiktig finansiering og gi rom for særskilde kvalitetssatsingar. Kapitalen i fondet vart auka med 10 mrd. kroner i 2007. Den auka avkastninga i 2008 skal nyttast til ei satsing på forskarrekruttering og til å dekkje den auka kontingenten for norsk deltaking i EUs sjuande rammeprogram for forsking og teknologisk utvikling. Regjeringa foreslår å auke kapitalen i Forskingsfondet med 6 mrd. kroner frå 1. januar 2008. Dette vil gi ei auka avkastning på om lag 300 mill. kroner i 2009.
Å måle forskingskvalitet er krevjande. Fagfellevurderingar er den viktigaste vurderingsforma innanfor akademia. Slike «peer reviews», som dei blir kalla, blir nytta både av redaksjonane for vitskaplege tidsskrift, i komiteane ved tildeling av forskingsmidlar og ved større evalueringar av forskingsinstitutt eller fagområde. Overordna vurderingar av forskingskvalitet på makronivå skjer oftast ved å nytte publikasjonsstatistikk. Ein annan indikator på nivået på nasjonal forsking er evna til å få finansiering frå EUs rammeprogram for forsking.
Tal frå Institute for Scientific Information (ISI) syner at norske forskarar stadig publiserer meir i ISI-registrerte tidsskrift. Frå 2002 til 2006 auka talet på artiklar med heile 40 pst. totalt. Talet på publiserte vitskaplege artiklar med internasjonale samforfattarar auka mest og stod for 58 pst. av auken. Sjå figur 4.1.
Førebelse tal frå Noregs forskingsråd tyder på at norske forskingsmiljø har fått god utteljing i EUs sjette rammeprogram for forsking. Heile 28 pst. av søknadene til programmet som hadde norsk deltaking, har vorte godkjende. Til samanlikning er snittet for EU-landa 18 pst. Norske forskarar deltek i om lag 830 prosjekt. Det utgjer om lag 20 pst. av alle prosjekta i rammeprogrammet.
Kvalitet i spiss
Noreg har i dag 21 senter for framifrå forsking (SFF). SFF-ordninga vart oppretta for å bringe særskilt gode forskingsmiljø opp til internasjonalt toppnivå. Ordninga blir forvalta av Noregs forskingsråd og er finansiert med midlar frå avkastninga frå Forskingsfondet. Ei internasjonal evaluering frå 2006 syner at ordninga har vore særs vellykka, og hevdar at sentra aukar statusen for norsk forsking og gjer ho meir synleg internasjonalt. Heile ni av dei 13 sentra som vart oppretta i 2003 fekk toppkarakter, og alle sentra er vurderte som gode nok til å ha status som Senter for framifrå forsking fram til 2012.
Evalueringa slår fast at sentra har framifrå vitskaplege resultat og har vorte attraktive partnarar for nasjonalt og internasjonalt samarbeid. Sentra har henta stor finansiering på toppen av midlane i ordninga og har i stor grad evna å knyte til seg internasjonale toppforskarar. Evalueringskomiteen uttaler også at sentra generelt har hatt ein særs positiv effekt på forskingsmiljøa der dei er etablerte. Sentra har skapt samarbeid og interaksjon på tvers av disiplinar og institutt- og fakultetsgrenser.
I august 2007 vart eit av sentra, Senter for hukommelsesbiologi ved Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet (NTNU), utnemnt til eit Kavli-institutt for nevrovitskap. Det nye instituttet vil sikre gode vilkår for å vidareutvikle dette sterke fagmiljøet ved NTNU. The Kavli Foundation, grunnlagd av norskamerikanaren Fred Kavli, har tidlegare oppretta Kavli-institutt mellom anna ved Harvard og Stanford i USA og ved Cambridge i Storbritannia. Kunnskapsdepartementet, NTNU og The Kavli Foundation skal alle medverke til finansiering av instituttet. Regjeringa foreslår derfor å auke løyvinga til NTNU med 2,29 mill. kroner i 2008, jf. kap. 271 post. 50.
I desember 2006 fekk åtte nye forskingssenter status som Senter for framifrå forsking. Sentra var dei beste blant 98 søkjarar i denne andre runden med utlysing under ordninga.
SFF-ordninga er særskilt retta mot grunnforsking. For å styrkje framtidig verdiskaping på basis av langsiktig, grunnleggjande forsking i næringslivet er det også nyleg etablert ei ordning kalla Senter for forskingsdriven innovasjon (SFI). Etter ein omfattande kvalifiseringsrunde har 14 senter innanfor ei rekkje ulike fagområde og næringar starta opp i 2007. Ordninga har til formål å byggje opp eller styrkje norske forskingsmiljø som arbeider i tett samspel med innovativt næringsliv, samt å støtte langsiktig forsking som fremmer innovasjon og konkurransekraft i næringslivet. Ordninga blir finansiert med midlar frå Fondet for forsking og nyskaping.
Gjennom ein samarbeidsavtale med The Kavli Foundation og Det Norske Videnskaps-Akademi (DNVA) skal Kunnskapsdepartementet medverke til utdeling av tre prisar for framifrå forsking innanfor astrofysikk, nanovitskap og nevrovitskap. Kavli-prisane skal delast ut annakvart år og første gongen i 2008. Kvar av prisane vil vere på 1 mill. USD. Prisane vil profilere forsking generelt, og styrkje Noregs omdømme som forskingsnasjon. Vidare vil prisane føre til auka kontakt mellom norske forskarar og framifrå internasjonale forskingsmiljø.
Noreg har tidlegare oppretta to internasjonale vitskaplege prisar på same nivå som nobelprisane: Abel-prisen i matematikk og Holberg-prisen i humaniora, samfunnsvitskap, juss og teologi. Prisane er viktige tiltak for å synleggjere framifrå forsking og forskarar. For meir omtale av dei vitskaplege prisane, sjå kap. 287.
Kvalitet i breidda
Internasjonale evalueringar av norske fagmiljø syner at delar av norsk forsking held høgt internasjonalt nivå. Det gjeld til dømes innanfor fagområda matematikk, informatikk og geofag. Evalueringane syner elles at mange fagområde slit med felles utfordringar. Det har vore eit generelt behov for styrkt forskingsleiing, auka konsentrasjon av ressursane og betre nasjonal arbeidsdeling innanfor mange fagområde. Tilrådingane frå evalueringane dannar grunnlag for forskingspolitiske vurderingar og tiltak i departementet, i Forskingsrådet og hos dei involverte institusjonane. Mellom anna er verkemiddelet Institusjonsforankra strategiske prosjekt(ISP) i Noregs forskingsråd oppretta for å støtte oppfølgingsarbeid ved institusjonane.
Fri prosjektstøtte er eit hovudverkemiddel for å sikre kvalitet og fornying i grunnforskinga, uavhengig av fagområde og politiske føringar. Mange grensesprengjande oppdagingar blir gjorde av forskarar med ei lita forskingsgruppe som er oppteken av eit spesifikt problem. Ordninga med fri prosjektstøtte er den raskaste og beste måten for å fange opp forskarinitierte prosjekt med høgt potensial. Fagfelleevaluering sikrar at dei beste prosjekta vinn fram i konkurransen. Fri prosjektstøtte blir finansiert over den faglege løyvinga til Forskingsrådet på kap. 285. Storforsk er ei ny ordning for å finansiere store, frie grunnforskingsprosjekt med høg risiko og vitskapleg mot. Ordninga styrkjer fri grunnforsking gjennom å støtte prosjekt som er større enn det normalt er rom for innanfor støtta til frie prosjekt. Storforsk blir finansiert gjennom midlar frå Fondet for forsking og nyskaping.
Fondet styrkjer kvaliteten i breidda også gjennom andre verkemiddel. Det nye programmet Brukarstyrt innovasjonsarena (BIA) i Forskingsrådet skal støtte dei beste forskingsbaserte innovasjonsprosjekta. BIA er ope for alle bransjar og teknologiområde og retta mot verksemder med høge FoU-ambisjonar og stort potensial for innovasjon og verdiskaping. Strategiske høgskoleprosjekt (SHP) er ei FoU-satsing retta mot dei statlege høgskolane for å styrkje forsking, utviklingsarbeid og FoU-kompetanse i sektoren. Midtvegsevalueringa frå 2005 syner at SHP-midlane har medverka til å byggje opp forskingsmiljø og auke den formelle kompetansen i høgskolesektoren.
Høg kvalitet i forskinga er viktig for å få fram gode, relevante og tillitvekkjande resultat. Tilliten til forsking er avhengig av at forskinga går føre seg på ærleg vis og i samsvar med god vitskapleg praksis. Lov om handsaming av etiske spørsmål og ærleg ferd i forsking (forskingsetikklova) med forskrift er sett i verk frå 1. juli 2007. Det er dessutan oppnemnt eit utval som skal granske påstandar om fusk i forsking (Granskingsutvalet).
Det er oppretta ein ny regional komité for medisinsk og helsefagleg forskingsetikk i 2007, slik at det no er sju komitear. Medlemstalet i kvar komité er auka, mellom anna for å styrkje den medisinske kompetansen. Regjeringa har lagt fram ein proposisjon om ny helseforskingslov, jf. Ot.prp. nr. 74 (2006–2007). Som følgje av desse forslaga vil dei regionale komiteane få meir omfattande oppgåver, og Regjeringa går inn for å auke løyvinga til dei regionale komiteane med til saman 5 mill. kroner i 2008. Sjå kap. 271 post 50. Det er universiteta som har forvaltningsansvar for dei regionale komiteane. Departementet har bedt Statskonsult greie ut spørsmålet om alternativ til denne ordninga, jf. det som er sagt i St.prp. nr. 1 (2006–2007). Statskonsult har i si utgreiing tilrådd at universiteta fortsatt skal ha forvaltningsansvaret, men at alle kostnader til formålet, inkludert infrastrukturkostnader, blir samla på ein eigen post i statsbudsjettet. På bakgrunn av utgreiinga frå Statskonsult vil departementet førebels ikkje endre på forvaltningsansvaret for dei regionale komiteane. Det kan likevel vere aktuelt å vurdere dette på nytt i samanheng med oppfølging av evalueringa av dei nasjonale forskingsetiske komiteane.
Kvalitet på utvalde satsingsområde
I tillegg til satsinga på kvalitet i spiss og breidd, som er uavhengig av fagområde, satsar Regjeringa også særskilt på å byggje solide kunnskapsmiljø på nokre utvalde område. Satsingane er motiverte ut frå behov i samfunnet eller potensial for verdiskaping.
Forsking og overvaking i nordområda er viktig for Noreg både politisk, fagleg og forvaltningsmessig. Det internasjonale polaråret (IPY) 2007–08 er ei stor internasjonal satsing innanfor polarforsking der mange nasjonar er aktive, og der store ressursar blir sette inn. Regjeringa går inn for å løyve til saman over 320 mill. kroner til IPY over ein fireårsperiode, og Noreg blir dermed blant dei største bidragsytarane. Den norske løyvinga blir fordelt av Noregs forskingsråd, og omfattar 30 forskingsprosjekt. Ein mindre del av løyvinga går også til utdannings- og formidlingsprosjekt. Om lag to tredjedelar av forskingsmidlane går til prosjekt knytte til meteorologi og klimaforsking, medan den siste tredjedelen går til grunnforskingsprosjekt som nyttar dei særeigne vilkåra for forsking i polarområda. Dei fleste norske prosjekta omfattar samarbeid med Russland, USA og Canada og mykje av arbeidet finn stad på eller i tilknyting til Svalbard.
Ei rekkje norske institusjonar og enkeltforskarar deltek også i prosjekt finansierte av eigne løyvingar. Av litt over 200 samarbeidsprosjekt som er godkjende som Polarår-prosjekt av den internasjonale komiteen, er norske forskingsmiljø med som samarbeidspartnarar i vel halvparten. IPY medverkar til ein kraftig auke i internasjonalt forskingssamarbeid i nordområda. Innsatsen i IPY vil få mykje å seie for ressurs-, natur- og kulturminneforvaltning og for teknologi- og næringsutvikling. Regjeringa ventar at denne satsinga vil styrkje oppbygginga av grunnleggjande forskingskompetanse ved dei norske miljøa, og at norsk polar forskingsinfrastruktur blir betre utnytta. Dette gjeld både i Antarktis og på Svalbard.
Dei såkalla store programmai Noregs forskingsråd er etablerte for å syte for solid og langsiktig finansiering av prioriterte område i forskingspolitikken. Programma får ein stor del av finansieringa si frå Fondet for forsking og nyskaping. Det er i dag sju store program, som dekkjer forsking innanfor bioteknologi, IKT, nanoteknologi, havbruk, klima, rein energi og petroleum. For meir omtale, sjå kap. 286.
Fondet for forsking og nyskaping finansierer også andre programsatsingar på viktige område, som til dømes programmet Forsking for innovasjon og fornying i offentlig sektorog eit nytt program for forsking på årsaker til sjukefråvær og utstøyting frå arbeidslivet.
Rekruttering og likestilling
Målet om høg kvalitet i norsk forsking krev at ein får fram tilstrekkeleg mange gode forskarar. I alt vart det gjennomført 905 doktordisputasar ved norske institusjonar i 2006. Det er fleire enn nokon gong tidlegare. I dei siste 15 åra har talet på avlagde doktorgradar i Noreg fordobla seg, men auken er likevel svakare enn han har vore i nabolanda våre.
Auken i talet på stipendiatar i dei siste åra har vore ei oppfølging av opptrappingsplanen i St.meld. nr. 35 (2001–2002) Om rekruttering til undervisnings- og forskerstillinger i universitets- og høgskolesektoren. Planen gjaldt fram til 2007, og det er no tid for å sjå på situasjonen for norsk forskarrekruttering på nytt. Regjeringa tek sikte på å leggje fram ei stortingsmelding i 2008 der behova for fornya satsing i forskarutdanninga blir drøfta. I budsjettet for 2008 foreslår Regjeringa å løyve midlar til 350 nye stipendiatstillingar. Sjå meir omtale under kategori 07.60.
Sjølv om auken i avlagde doktorgradar har vore stor, er det eit problem med forsinka gjennomføring og fråfall i doktorgradsutdanninga. Det er bakgrunnen for at departementet i 2008 vil etablere ei ordning med nasjonale forskarskolar. Skolane skal vere eit organisert samarbeid mellom fleire institusjonar om forskarutdanning innanfor avgrensa fagområde. Formålet med ordninga er å betre kvaliteten på og gjennomføringa av forskarutdanninga i Noreg. Dette vil særskilt ha verdi for stipendiatar som er tilsette ved små institusjonar, eller i små fagmiljø. Gjennom nasjonale forskarskolar vil dei bli knytte til eit større fagmiljø, og bli omfatta av eit meir strukturert løp i utdanninga. Noregs forskingsråd vil få i oppdrag å setje i verk ordninga og lyse ut midlar. Totalt budsjett for ordninga i 2008 blir på 10 mill. kroner.
Det er viktig å halde på gode forskarkandidatar og sikre rekruttering til faste stillingar. Eit godt verkemiddel for dette er postdoktorstillingar, som gir gode tilhøve for vidare kvalifisering etter avlagd doktorgrad og fleksible ordningar for tilsetjing. Forskingsrådet har eit særskilt ansvar for finansiering av postdoktorstipend. I 2006 finansierte Forskingsrådet 566,5 årsverk direkte. I tillegg var 108 postdoktorar knytte til SFF-ordninga. Postdoktorstipenda inngår i tildelingane frå dei fleste verkemidla til Forskingsrådet, men frittståande prosjektløyvingar og løyvingar gjennom dei store, strategiske programma skil seg ut som dei klart viktigaste kjeldene for finansiering av postdoktorstipend.
Det er eit stort fleirtal av menn i faste vitskaplege stillingar i universitets- og høgskolesektoren. Talet på kvinner i slike stillingar har auka i dei siste åra, men i høgre faglege stillingar er talet framleis lågt. Det er eit viktig mål å auke talet på kvinner, både blant rekruttar og i det faste forskarpersonalet. Utfordringa er størst innanfor realfaga, jf. kategori 07.60. Sentrale aktørar i arbeidet for auka kvinnedeltaking i norsk forsking er Forskingsrådet og Komité for integreringstiltak – Kvinner i forsking.
Arbeidet for å auke delen av kvinner på fagområde med få kvinner, og for å kvalifisere kvinner til faste akademiske stillingar, særleg toppstillingar, skal førast vidare. Noregs forskingsråd skal også arbeide aktivt for å få fleire kvinner med i internasjonalt forskingssamarbeid.
Internasjonalisering av forskinga
Norsk forsking utgjer om lag fire promille av den totale forskinga i OECD-området. Skal Noreg ta del i den globale kunnskapsutviklinga, må norske forskarar samarbeide internasjonalt. Å få innpass i dei beste internasjonale forskingsnettverka krev at ein kan syne til gode resultat. Målet om høg kvalitet er med andre ord både eit vilkår for og eit resultat av internasjonaliseringa av norsk forsking.
To hovudaksar i internasjonaliseringa av norsk forsking er internasjonalt forskingssamarbeid og forskarmobilitet. Internasjonalt forskingssamarbeid skjer i stor grad gjennom uformelle kontaktar og nettverk mellom personar og mellom miljø. I tillegg kjem eit aukande formalisert samarbeid gjennom internasjonale organisasjonar, større internasjonale fellessatsingar og program, og gjennom bilaterale avtalar på statleg nivå. Tiltak for auka forskarmobilitet er ofte ein del av dette samarbeidet. Noreg tek del i fleire internasjonale fellessatsingar. Av desse er deltakinga i EUs rammeprogram for forsking og teknologisk utvikling og fleire internasjonale grunnforskingsorganisasjonar finansierte over Kunnskapsdepartementets budsjett, jf. kap. 288 postane 72 og 73.
Satsinga på auka internasjonalisering av norsk forsking vil i 2008 bli ført vidare både som integrert del av Forskingsrådets nasjonale programsatsing og ved særskilt retta tiltak for internasjonalisering. Sentralt står deltakinga i EUs sjuande rammeprogram for forsking og teknologisk utvikling, oppfølginga av strategien for forskings- og teknologisamarbeid med Nord-Amerika og forskingssamarbeidet med prioriterte land, forutan tverrgåande satsingar som Nordområdesatsinga og Det internasjonale polaråret(IPY).
Sidan juni 2007 er Noreg offisiell deltakar i EUs sjuande rammeprogram for forsking, teknologisk utvikling og demonstrasjonsaktivitetar, som går frå 2007 til 2013. Rammeprogrammet er det mest omfattande internasjonale samarbeidet norske forskarar, forskingsmiljø og næringsliv deltek i. Programmet er sjølve flaggskipet i EUs arbeid for å nå måla i Lisboa-strategien om ein kunnskapsbasert økonomi og eit kunnskapsbasert samfunn i Europa. Programmet skal fremme og investere i forsking i verdsklasse og medverke til å gjere EU til det leiande forskingsområdet i verda. Programmet byggjer på resultata frå det sjette rammeprogrammet, og skal bringe EU vidare i prosessen med å utvikle eit europeisk forskingsområde – European Research Area (ERA). Totalbudsjettet for satsinga er på 50,5 mrd. euro. Den norske kontingenten vil vere om lag 9,3 mrd. kroner for heile programperioden.
Det er til dels stor overlapp mellom satsingane i EUs sjuande rammeprogram og norske forskingspolitiske prioriteringar. Den norske deltakinga i programmet vil styrkje og utfylle dei nasjonale satsingane på forsking og utvikling. Dette gjeld innanfor område som mat, helse, miljø, energi, informasjons- og kommunikasjonsteknologi og marin og maritim forsking, og innanfor grunnforsking gjennom etableringa av det europeiske forskingsrådet. Programmet omfattar òg tiltak retta mot auka samarbeid og felles utlysingar mellom dei nasjonale forskingsprogramma i Europa, forutan store teknologisatsingar i offentleg-privat samarbeid.
Kunnskapsdepartementet vil hausten 2007 leggje fram ein strategi for korleis Noreg kan få mest mogleg nytte av deltakinga i rammeprogrammet. Strategien er utarbeidd i dialog med relevante departement, Noregs forskingsråd, Innovasjon Noreg og andre aktørar.
Noreg er part i bilaterale avtalar om forsking og teknologi med ein del utvalde land. Bilaterale avtalar er viktige for å gi forskingssamarbeidet eit løft og styrkje samarbeid innanfor område av felles interesse. I 2008 skal den bilaterale forskings- og teknologiavtalen med USA og strategien for forskings- og teknologisamarbeid med Nord-Amerika følgjast opp vidare. Dette skal mellom anna skje i form av auka utveksling av forskarar gjennom Leiv Eiriksson mobilitetsprogram i regi av Noregs forskingsråd. Noreg underteikna ein bilateral forskingsavtale med India hausten 2006. Samarbeidet på fagområde av felles interesse, som vaksinasjonsforsking, klima og rein energi, geoteknologi og marin forsking knytt til polarforsking, skal styrkjast. I tillegg skal forskingsavtalen med Japan og samarbeidet på fagområde som matvaretryggleik, nanoteknologi og energi følgjast opp vidare.
Kap. 283 Meteorologiformål
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2006 | Saldert budsjett 2007 | Forslag 2008 |
50 | Meteorologisk institutt | 211 010 | 212 538 | 221 677 |
72 | Internasjonale samarbeidsprosjekt | 28 624 | 42 488 | 41 155 |
Sum kap. 283 | 239 634 | 255 026 | 262 832 |
Kapitlet omfattar tilskott til drift av Meteorologisk institutt og tilskott til internasjonalt meteorologisk samarbeid.
Post 50 Meteorologisk institutt
Meteorologisk institutt står for den offentlege meteorologiske tenesta for sivile og militære formål. Oppgåvene til Meteorologisk institutt er mellom anna å varsle vêret, studere klimaet, drive forskings- og utviklingsarbeid, og å formidle resultata av arbeidet. Varsling av ekstreme vêrtilhøve og dermed sikring av liv og verdiar har aller høgste prioritet. Meteorologisk institutt har òg andre viktige beredskapsoppgåver. Beredskapstenestene omfattar mellom anna varsling ved atomulykker som gir utslepp til luft eller hav.
Instituttet lagar vêrvarsel for samfunnet generelt gjennom vêrvarslingssentralane i Tromsø, Bergen og Oslo. I tillegg er observasjonsstasjonar spreidde over heile fastlandet og i Arktis. Instituttet har folk i arbeid på Jan Mayen, Bjørnøya, Hopen og Svalbard. Den aukande aktiviteten i nordområda krev gode vêrmeldingar. Observasjonane frå nordområda er òg med på å dokumentere klimaendringar. Meteorologisk institutt er dessutan aleine om å ha personell på Bjørnøya og Hopen, og sikrar i så måte norsk nærvær.
Meteorologisk institutt er frå 1. januar 2005 organisert som eit forvaltningsorgan med særskilde fullmakter. I samband med St.prp. nr. 1 Tillegg nr. 1 (2005–2006) varsla Regjeringa at ho ikkje ville føre vidare arbeidet med å greie ut ei utskilling av den kommersielle verksemda ved Meteorologisk institutt i eit ege selskap, men i staden ville vurdere alternativ innanfor nasjonalt og internasjonalt regelverk. Departementet har i samarbeid med instituttet starta ein gjennomgang for å vurdere omfanget og organiseringa av den kommersielle verksemda ved Meteorologisk institutt.
Rapport for 2006–07
Ny vêrradar på Andøya kom ikkje på plass i 2006 grunna eit uhell under monteringa. Radaren på Andøya vart sett i drift sommaren 2007. Instituttets øvrige mål for 2006 vart nådde. Kvaliteten på vêrvarsla for kyst og fjordstrok og dei nære fiskebankane vart betre. I arbeidet med å spreie kunnskap om klimaet vart det publisert 13 klimarelaterte artiklar i internasjonale tidsskrift. Forskarar og meteorologar har i løpet av 2006 halde ei rekkje vitskaplege og populærvitskaplege foredrag, og svarar òg på klimaspørsmål frå media. Nær 100 pst. av pressemeldingane frå instituttet blir nytta i media, og nettstadene til instituttet blir mykje brukte av media. Meteorologisk institutt kom på topp av 82 statlege etatar i omdømmeundersøkinga til Synovate MMI i 2006. Instituttet har sett opp ti nye automatiske vêrstasjonar i 2006. Instituttets store portefølje av eksternt finansierte forskingsprosjekt indikerer at forskinga ved instituttet held internasjonalt nivå. I 2006 var tilgangen på oppdrag god, og instituttet sikra seg mellom anna prosjektmidlar til to av dei store prosjekta i det internasjonale polaråret (IPY).
Mål for 2008
Dette er måla for Meteorologisk institutt i 2008:
Meteorologisk institutt skal auke kvaliteten på regionale og lokale vêrvarsel.
Meteorologisk institutt skal utføre forsking av høg kvalitet for å betre den offentlege meteorologiske tenesta.
Meteorologisk institutt skal betre kunnskapen om dagens klima i Noreg og om klimautviklinga i fortid og framtid.
Meteorologisk institutt skal vere påliteleg, relevant og tilgjengeleg i all kommunikasjon.
Instituttets kommersielle verksemd skal vere konkurransedyktig og lønnsam.
Budsjettforslag for 2008
Departementet foreslår at løyvinga på posten blir ført vidare på same nivå som i 2007.
Post 72 Internasjonale samarbeidsprosjekt
Formålet med ordninga er å medverke til at Noreg kan ta del i internasjonale meteorologiske organisasjonar og prosjekt og slik medverke til og dra nytte av utvikling og forbetring av meteorologiske tenester. Mellom anna skjer det mykje internasjonal utveksling av data, kunnskap og metodar.
Midla går i hovudsak til å innfri dei forpliktingane Noreg har til å betale kontingentutgifter i samband med norsk deltaking i følgjande internasjonale meteorologiorganisasjonar og samarbeidsprosjekt:
Den meteorologiske verdsorganisasjonen (WMO)
Den europeiske organisasjonen for utnytting av meteorologiske satellittar (EUMETSAT)
Det europeiske senteret for mellomlange vêrvarsel (ECMWF)
Europeiske samarbeidsprosjekt mellom dei meteorologiske institutta (EUMETNET, ECOMET, EuroGOOS og HIRLAM)
Meteorologisk institutt er aktivt med i fleire internasjonale meteorologiorganisasjonar. I 2006 vart det gjennomført ei rekkje tiltak som medverkar til å auke kvaliteten på tenestene frå Meteorologisk institutt. Til dømes vart den geografiske oppløysinga i ECMWF-modellen betra i 2006. Valideringa syner at den nye versjonen har høgre kvalitet over Europa enn tidlegare versjonar. Vidare har instituttet vore med i finansieringa av den europeiske polarbanesatellitten MetOp i regi av EUMETSAT. Data frå denne satellitten er viktig for å betre vêrvarslinga for nordområda.
Det blir foreslått å redusere løyvinga på posten med om lag 1,3 mill. kroner i høve til 2007. Reduksjonen er i hovudsak knytt til lågare kontingent til EUMETSAT i 2008. Dette skyldast faseforskyving av kostnadskrevjande aktivitetar til seinare år.
Kap. 285 Noregs forskingsråd
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2006 | Saldert budsjett 2007 | Forslag 2008 |
52 | Forskingsformål | 1 100 121 | 1 087 421 | 1 082 631 |
55 | Administrasjon | 217 479 | 223 113 | 232 707 |
Sum kap. 285 | 1 317 600 | 1 310 534 | 1 315 338 |
Post 52 Forskingsformål
Løyvinga til Forskingsrådet over post 52 blir nytta til å finansiere grunnforsking innanfor alle fagområde. Posten dekkjer òg midlar til vitskapleg utstyr, internasjonaliseringstiltak og strategi- og informasjonsarbeid i Forskingsrådet.
Løyvinga til fagområda blir fordelt på fleire verkemiddel. Dei viktigaste er fri prosjektstøtte og støtte til ulike program. Fri prosjektstøtte er eit hovudverkemiddel for å sikre kvalitet og fornying i grunnforskinga, uavhengig av fagområde og politiske føringar. Mange grensesprengjande oppdagingar blir gjorde av forskarar med ei lita forskingsgruppe som er oppteken av eit spesifikt problem. Ordninga med fri prosjektstøtte er den raskaste og beste måten å fange opp forskarinitierte prosjekt med høgt potensial på. Fagfelleevaluering sikrar at dei beste prosjekta vinn fram i konkurransen. Fri prosjektstøtte kan inkludere midlar til mange ulike formål, t.d. doktorgradsstipend og postdoktorstipend og utveksling av forskarar.
Programløyvingar har som hovudformål å byggje opp kompetanse og utvikle kunnskap på tematisk avgrensa felt der Noreg har særskilde behov eller særskilde føresetnader. Løyvinga frå departementet går til grunnforskingsprogram og til delfinansiering av såkalla handlingsretta, eller anvende, program. For å følgje opp særleg viktige fag- og politikkområde har Forskingsrådet verkemiddelet Store program. Dei store programma er tverrgåande, målretta satsingar som skal dekkje heile spekteret frå grunnforsking til næringsretta forsking. Midlar frå Kunnskapsdepartementet over denne posten går per 2007 inn i dei store programma FUGE, NANOMAT, NORKLIMA og VERDIKT.Programma er omtalte under kap. 286 post 50.
For meir omtale av forskingsverksemda og andre tiltak som blir finansierte av Noregs forskingsråd, sjå www.forskningsradet.no.
Løyvinga over post 52 er fordelt på følgjande fagområde og formål:
Tabell 4.12 Faglege løyvingar til Noregs forskingsråd. Fordeling på fagområde og særskilde formål (i mill. kroner)
Fagområde | 2006 | 2007 | 2008 |
---|---|---|---|
Humaniora | 116 | 116 | 116 |
Samfunnsvitskap | 95 | 97 | 98 |
Medisin og helse | 144 | 144 | 144 |
Miljø og utvikling | 51 | 50 | 48 |
Naturvitskap og teknologi | 374 | 373 | 374 |
Rekruttering | 46 | 46 | 56 |
Vitskapleg utstyr, databasar og samlingar | 26 | 10 | 10 |
Internasjonalisering | 951 | 103 | 90 |
FUGE | 51 | 46 | 46 |
Ordning for finansiering av små driftsmidlar | 40 | 40 | 40 |
Kommersialisering av forskingsresultat | 7 | 7 | 7 |
Strategiske oppgåver og informasjon | 51 | 46 | 46 |
Internasjonale nettverkstiltak2 | – | 5 | 5 |
Tverrfaglege tiltak3 | 4 | 4 | 3 |
SUM | 1 100 | 1 087 | 1 083 |
1 Løyvinga i 2006 inkluderer 2,7 mill. kroner til finansiering av norsk kontingent til EUs førebuande program for tryggleiksforsking. Desse midlane er belasta kap. 285 post 52 direkte frå Kunnskapsdepartementet.
2 Løyvinga gjeld finansiering av den norske noden av eit nordisk senter i molekylærmedisin tilknytt European Molecular Biology Laboratory (EMBL), som er under etablering i 2007. Den norske noden er lagd til Universitetet i Oslo.
3 Løyvinga gjeld Divisjon for store satsingar.
Rapport for 2006–07
Humanistisk forsking
Av løyvinga på posten gjekk 116 mill. kroner til humanistisk forsking i 2006. I 2007 er tildelinga likeins 116 mill. kroner. For 2006 la departementet til grunn at løyvinga til fri prosjektstøtte skulle styrkjast med minst 6 mill. kroner i høve til 2005.
I 2006 gjekk om lag 61,5 mill. kroner til fri prosjektstøtte innanfor humanistisk forsking. Dette var ein auke på vel 8 mill. kroner samanlikna med året før. I 2006 gjekk midlane til 80 prosjekt. Fri prosjektstøtte går i første rekkje til humanistiske forskingsprosjekt ved universiteta, høgskolane og andre forskingsinstitusjonar i Noreg. Ein mindre del går til doktorgrads- eller postdoktorstipend i utlandet.
Forskinga i nordisk språk og litteratur vart evaluert i 2005. Evalueringa viste at det er mykje forsking på høgt nivå, men ikkje alle delar av faget er like godt dekte. Eit utval nedsett av Forskingsrådet har i 2007 komme med ei innstilling som gir råd om vidare oppfølging. Forskingsrådet har lyst ut oppfølgingsmidlar i form av Institusjonsforankra strategiske prosjekt (ISP).
Publiseringsstøtteordninga for humanistisk og samfunnsvitskapleg forsking skal stimulere til auka vitskapleg publisering og fremme kvalitetsutvikling av relevante publiseringskanalar. Vel 5 mill. kroner vart fordelte gjennom ordninga i 2006.
Program for kulturforsking er den største programsatsinga innanfor humaniora, og programmet har som mål å utvikle den teoretiske og allmenne forståinga av samfunn og kultur. Programmet skal avsluttast i 2007.
Program for samisk forsking vart avslutta i 2006. Ei oppsummering har vist at programmet har betydd mykje både for rekruttering til og formidling av samisk forsking. Programmet har også vore viktig for utviklinga av samisk som vitskapsspråk. Dette har vore viktige målsettingar for programmet. Det er tildelt 15 studentstipend, ni doktorgradsstipend og eitt postdoktorstipend. Programmet har særleg lykkast med å rekruttere fleire kvinner til forsking. Eit nytt program har starta opp i 2007. Det skal gå over ti år, med evaluering etter fem år.
Kunnskapsutvikling for norsk språkteknologi(KUNSTI) vart avslutta i 2006. Programmet har gitt resultat i form av teoriutvikling, publikasjonar og nyutvikla bruksmåtar. Programmet har også medverka positivt til rekrutteringa på feltet. Forskingsrådet vil føre satsinga vidare og har førebels stilt midlar til rådvelde for 2007.
Fleire program har delt finansiering med samfunnsvitskap. Det gjeld Program for samisk forsking, Kjønnsforsking og Kommunikasjon, IKT og medier. Midlar til humanistisk forsking går også inn i programma Etikk, samfunn og bioteknologi, Velferdsprogrammet og Innvandrings- og migrasjonsforsking (IMER).
Innanfor fri prosjektstøtte vart det i humanistisk forsking løyvd midlar til 27 doktorgradsårsverk (52 pst. kvinner) og 30 postdoktorårsverk (53 pst. kvinner) i 2006.
Samfunnsvitskapleg forsking
Av løyvinga på posten gjekk om lag 95 mill. kroner til samfunnsvitskapleg forsking i 2006. I 2007 er tildelinga om lag 97 mill. kroner.
For samfunnsvitskapleg forsking la departementet til grunn at fri prosjektstøtta skulle styrkjast med minst 4 mill. kroner, og at grunnforskingsprogramma skulle førast vidare. Samstundes skulle Forskingsrådet halde fram arbeidet med tiltak som fremmer kvalitet i forsking, mellom anna gjennom fleire fagevalueringar. Desse måla har i stor grad vorte nådde.
Midlane finansierte 71 prosjekt innanfor fri prosjektstøtte i 2006, med statsvitskap som det største enkeltfaget. Innanfor fri prosjektstøtte vart det i samfunnsvitskapleg forsking løyvd midlar til 21 doktorgradsårsverk (33 pst. kvinner) og ni postdoktorårsverk (78 pst. kvinner).
Løyvinga til grunnforskingsprogram gjekk til Program for kvinne- og kjønnsforsking, Program for samisk forsking og Kommunikasjon, IKT og medier. Programma får også midlar frå løyvinga til humanistisk forsking. For å medverke til rekruttering og grunnforsking gjekk løyvinga frå Kunnskapsdepartementet òg til samfinansiering av handlingsretta program. Dei programma som har størst finansiering er Velferdsprogrammet, Arbeidslivsforskingog Internasjonal migrasjonog etniske relasjonar.
Midlane til samfunnsvitskapleg forsking finansierer dessutan basisløyvinga til Norsk samfunnsvitskapleg datateneste og institusjonsstøtte til ARENA (Advanced Research on the Europeanisation of the Nation-State).
Forskingsrådet held fram med arbeid som fremmer kvalitet i forskinga, mellom anna fagevalueringar. Ei evaluering av økonomifagleg forsking vart starta i 2006. Forskingsrådet arbeider med å setje i gang fleire evalueringar, om mogleg med ein forenkla metodikk, slik at fleire fag kan bli evaluerte på same tid. Evalueringa av pedagogikk som vart avslutta i 2004, har vorte følgd opp med ein fagplan og utlysing og tildeling av midlar til institusjonsforankra prosjekt.
Medisinsk og helsefagleg forsking
Av løyvinga på posten gjekk 144 mill. kroner til medisinsk og helsefagleg forsking i 2006. I 2007 er løyvinga på nominelt same nivå. For 2006 la departementet til grunn at fri prosjektstøtte skulle styrkjast med minst 8 mill. kroner i høve til 2005. Forsking av høg kvalitet skulle prioriterast, mellom anna gjennom fri prosjektstøtte og internasjonal forskarutveksling. Løyvinga skulle delfinansiere fleire nye program, og NevroNor-satsinga skulle starte med midlar frå den auka avkastninga av Forskingsfondet.
Samla budsjett for fri prosjektstøtte var på 110,7 mill. kroner i 2006, ein auke på 8,5 mill. kroner i høve til 2005. Om lag 94 pst. av midlane vart fordelte til universiteta, resten til instituttsektoren og til utanlandsstipend. Dei fem nye helsefaglege programma Folkehelse, Psykisk helse, Klinisk forsking, Helse- og omsorgstenester og Miljø, genar og helse hadde sitt første funksjonsår i 2006. Desse programma er i hovudsak finansierte med midlar frå Helse- og omsorgsdepartementet. NevroNor-programmet vart starta i 2006 med eit samla budsjett på 9,7 mill. kroner, og av desse kom 3 mill. kroner frå denne posten. I første omgang er det satsa på biletdannande teknologiar og epidemiologi.
Rekrutteringa er framleis ei stor utfordring innanfor medisin og helsefag. Forskingsrådet følgjer derfor nøye med på rekrutteringa av forskarar med bakgrunn i medisin, odontologi og psykologi. Dette gjeld både forskarutdanning og studentforsking. I 2006 vart 48 doktorgradsårsverk (60 pst. kvinner) og 43 postdoktorårsverk (45 pst. kvinner) finansierte innanfor tildelinga til fri prosjektstøtte. Det vart løyvd 11,4 mill. kroner til studentforsking, og Forskingsrådet finansierte til saman 123 studentstipend i medisinske fag, fordelte med 15 i psykologi, ni i odontologi og 99 i medisin.
Miljø- og utviklingsforsking
Av løyvinga på posten gjekk 51 mill. kroner til miljø- og utviklingsforsking i 2006. I 2007 er tildelinga på om lag 50 mill. kroner. For 2006 la departementet til grunn at aktivitetane i hovudsak skulle førast vidare på same nivå som i 2005 med hovudvekt på langsiktig, grunnleggjande forsking. Frie prosjekt og opparbeiding av tverrfagleg kompetanse var prioriterte område. Vidare skulle Forskingsrådet arbeide for styrkt samarbeid mellom Noreg og Russland om polarforsking og for betre samordning av forskinga på Svalbard.
25,9 mill. kroner gjekk til fri prosjektstøtte innanfor miljø- og utviklingsforsking i 2006. Dette var ein auke på 2 mill. kroner samanlikna med året før. Fagkomiteen innanfor miljø- og utviklingsforsking finansierte 37 prosjekt i 2006. Om lag 50 pst. av midlane gjekk til instituttsektoren, og om lag 42 pst. gjekk til universitets- og høgskolesektoren, medan dei siste 8 pst. gjekk til forsking utanlands. I 2006 finansierte fagkomiteen sju doktorgradsårsverk, av desse tre til kvinner, og tre postdoktorårsverk, av desse det eine til ei kvinne.
Resten av tildelinga gjekk i hovudsak til følgjande program i Forskingsrådet: NORKLIMA – Klimaendringar og konsekvensar for Noreg, Globalisering og marginalisering. Fleir- og tverrfagleg forsking om utviklingsvegar i sør, Rammebetingelser for ein berekraftig utvikling (RAMBU), Biologisk mangfald, og til polarforsking.
Det nye programmet Miljø 2015 er i ferd med å bli etablert. Hovudtrekka i RAMBUs aktivitetar skal integrerast i programmet, og det er lagt vekt på å stimulere til fleir- og tverrfagleg forsking.
Under polarforskingsavtalen mellom National Science Foundation (USA) og Forskingsrådet er det løyvd midlar til prosjekt for å styrkje samarbeidet mellom amerikansk og norsk polarforsking. Det er òg løyvd midlar til prosjekt som skal styrkje samarbeidet mellom norske og russiske forskarar på Svalbard. Svalbard Science Forum (SSF) arbeider med koordinering av forsking på Svalbard, og har i 2006 utarbeidd ein internasjonal forskingsplan for Ny-Ålesund. Vidare har SSF arbeidd med stipendsøknader frå norske forskarar og studentar for å få dekt meirkostnader til feltforsking på Svalbard.
Naturvitskapleg og teknologisk forsking
Av løyvinga på posten gjekk om lag 374 mill. kroner til naturvitskapleg og teknologisk forsking i 2006. I 2007 er tildelinga på om lag 373 mill. kroner. For 2006 la departementet til grunn at fri prosjektstøtte skulle styrkjast med minst 30 mill. kroner i høve til 2005.
I 2006 gjekk 159,8 mill. kroner til fri prosjektstøtte innanfor naturvitskapleg og teknologisk forsking. Dette er i tråd med dei måla som vart sette. Midlane gjekk til 228 prosjekt. Innanfor fri prosjektstøtte vart det i naturvitskapleg og teknologisk forsking løyvd midlar til 80 doktogradsårsverk (25 pst. kvinner) og 75 postdoktorårsverk (26 pst. kvinner) i 2006.
I 2006 finansierte Kunnskapsdepartementet følgjande grunnforskingsprogram knytte til internasjonale forskingsorganisasjonar: Kjerne- og partikkelforsking (CERN), Romforsking (European Space Agency, European Incoherent Scatter Scientific Association, Nordic Optical Telescope) og ESRF-følgjeforsking (European Synchrotron Radiation Facility). Denne følgjeforskinga vart styrkt med om lag 6 mill. kroner. I tillegg vart mellom anna følgjande forskingsprogram finansierte: Katalyse og organisk syntetisk kjemi, Berekningsorientert matematikk i anvendelser og eVitenskap – Infrastruktur, Teori og Anvendelser. Innanfor e-infrastruktur vart superdatamaskinen Njord installert ved Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet (NTNU) i 2006, noko som gir forskingsmiljøa ein monaleg auke i tungrekneressursane.
Etter oppdrag frå departementet utarbeidde Forskingsrådet eit utkast til nasjonal strategi for å styrkje grunnforsking innanfor matematikk, naturvitskap og teknologi (MNT-faga). Dette var ei oppfølging av St.meld. nr. 20 (2004–2005) Vilje til forskning. Utkastet tilrår ei samordna satsing med konkrete forslag til tiltak knytte til rekruttering, fag og disiplinutvikling, utstyr og annan infrastruktur, samt internasjonalisering.
Forskingsrådet arbeidde i 2006 med oppfølging av rapporten Visjon 2015 – Rom for forsking. Rapporten kartla behov og moglegheiter innanfor forsking som utnyttar rommet. Basert på denne utgreiinga har Forskingsrådet fremma forslag om eit nytt, utvida romforskingsprogram frå 2008.
Grunnforskingsprogrammet Katalyse og organisk og syntetisk kjemi (KOSK) har hatt som hovudmål å gi auka verdiskaping innanfor norsk kjemisk industri. Fleire av prosjekta innanfor KOSK er internasjonale samarbeidsprosjekt, av desse er nokre del av EU-nettverk. Aktivitetane i programmet blir vidareførte i programmet Katalyse og organisk syntetisk kjemi II(KOSK II) som startar i 2007.
NANOMAT-programmetskal styrkje kompetansen innanfor nanoteknologi og nye materialar. I 2006 vart det utarbeidd ein nasjonal strategi for nanovitskap og -teknologi. Strategien tilrår fire tematiske satsingsområde der Noreg har fortrinn og kompetanse å byggje på. Energi og miljø blir prioriterte høgst.
Løyvinga til IKT-senteret Simula AS på Fornebu vart i 2006 ført vidare med ei samla ramme på 49 mill. kroner. Av desse kom 29 mill. kroner frå Kunnskapsdepartementet. I tillegg vart det frå Kunnskapsdepartementet løyvd 5 mill. kroner til forskarskole. Forskarskolen vart opna i august 2007. Simula AS vart òg tildelt eit senter for framifrå forsking (SFF) i 2006, kalla Centre for Software components for biomedical flows.
Dei ingeniørvitskaplege faga vart evaluerte i 2004, og ein fagplan vart utarbeidd i etterkant. I 2006 vart det løyvd 42 mill. kroner over ein treårs periode til institusjonsforankra strategiske prosjekt (ISP) som ei oppfølging av fagplanen.
Formidlingsprogrammet, som mellom anna skal auke interessa til barn og unge for realfag og teknologi, gir støtte til nettstader, skolekonkurransar og tv-formidling av forsking til barn. I 2006 vart det òg gjennomført tre prosjekt for å auke kunnskapen om kva som påverkar barn og unges interesse for desse faga.
Rekruttering
Tildelinga til rekruttering gjeld ordninga med Yngre framifrå forskarar (YFF) og rekruttering av forskarar innanfor fiskeri-, havbruks- og landbrukssektoren. For 2006 la departementet til grunn at løyvinga til YFF skulle vere minst 30 mill. kroner og at om lag 15 mill. kroner skulle nyttast til rekruttering innanfor fiskeri-, havbruks- og landbrukssektoren.
Tildelinga til ordninga Yngre framifrå forskarar (YFF) var om lag 30 mill. kroner i 2006 og tilsvarande i 2007. I tillegg har Forskingsrådet i 2006 tildelt 11 mill. kroner til YFF frå avkastninga frå Fondet for forsking og nyskaping, jf. kap. 286 post 50. Ordninga gir yngre, særskilt talentfulle forskarar på alle fagområde ekstra gode rammevilkår for at dei skal kunne nå internasjonal toppklasse og utvikle seg til gode framtidige forskingsleiarar. Etter vurdering av utanlandsk fagekspertise peika Noregs forskingsråd i 2004 ut 26 forskarar frå ulike fagområde som fekk inntil 2 mill. kroner i årleg støtte. Av desse var fire kvinner. I 2006 lyste Forskingsrådet ut midlar til nye YFF. Forskingsrådet fekk 179 søknader, og våren 2007 vart det tildelt til 20 prosjekt/kandidatar, av desse er åtte kvinner.
Gjennom YFF tek Forskingsrådet dessutan del i ei europeisk ordning kalla European Young Investigators (EURYI). Det norske bidraget er på 2 mill. kroner årleg i ein femårsperiode. Ein norsk forskar nådde opp i konkurransen i 2006.
Av løyvinga på posten gjekk 16 mill. kroner til rekruttering av forskarar innanfor fiskeri-, havbruks- og landbrukssektoren i 2006. I 2007 var tildelinga likeins 16 mill. kroner. Midlane finansierer om lag 15 doktorgradsårsverk (60 pst. kvinner) og åtte postdoktorårsverk (45 pst. kvinner).
Vitskapleg utstyr
I 2006 var tildelinga til innkjøp av vitskapleg utstyr gjennom utstyrsutvalet 21 mill. kroner over ordinært budsjett. I tillegg vart det løyvd 4,7 mill. kroner til NTNU Nanolab i desember 2006. Ut ifrå eit ønske om å redusere dei budsjettmessige overføringane bestemte Forskingsrådet at 200 mill. kroner av likviditeten skulle nyttast til vitskapleg utstyr og e-infrastruktur. Midlane vart tildelte våren 2007.
I 2007 var løyvinga over denne posten 10 mill. kroner. I tillegg vart det løyvd 12 mill. kroner til slikt utstyr frå den auka avkastninga frå Fondet for forsking og nyskaping, jf. kap. 286 post 50.
Forskingsrådet skal i løpet av 2007 utarbeide ein nasjonal strategi for investering i forskingsinfrastruktur, mellom anna vitskapleg utstyr.
Internasjonalisering
Løyvinga gjeld det arbeidet Noregs forskingsråd gjer for å styrkje norsk deltaking i internasjonalt forskingssamarbeid, og omfattar mellom anna EU-samarbeid, bilateralt samarbeid og nordisk samarbeid.
Løyvinga til internasjonalisering var 95 mill. kroner i 2006 og 103 mill. kroner i 2007. Tiltak for å stimulere norske miljø til deltaking i EUs sjette rammeprogram og førebu deltaking i EUs sjuande rammeprogram (2007–13) har hatt høg prioritet. Nasjonal tilleggsfinansiering blir vurdert som naudsynt for å sikre og auke deltakinga frå norske forskingsmiljø. Forskingsinstitutt som er tildelte finansiering gjennom EUs rammeprogram, har sidan 2004 motteke delfinansiering frå Forskingsrådet for å følgje opp EU-prosjekta best mogleg. Ordninga er basert på løyvingar frå ulike departement, og har vore sentral for å stimulere til deltaking frå norske forskingsinstitutt i det sjette rammeprogrammet. Totalt har 152 prosjekt vorte støtta i 2006. Ei ordning med støtte til etablering av forskingsprosjekt har medverka til fleire gode søknader både til rammeprogrammet og EUREKA. Forskingsrådet har i tillegg nytta store ressursar på å rettleie forskingsmiljøa i spørsmål om EU-prosjekt. Norske forskingsmiljø har gjort det godt innanfor viktige nasjonale områder i det sjette rammeprogrammet, jf. omtale under kap. 288 post 73.
Nasjonale ekspertar i Kommisjonen medverkar til at Noreg får auka nytte av deltakinga i rammeprogrammet. Det var i 2006 seks norske nasjonale ekspertar innanfor forsking i Europakommisjonen.
Noreg har delteke i eit EU-program innanfor tryggleiksforsking. Dette har vore ei førebuing for ei større satsing på tryggleiksforsking i det sjuande rammeprogrammet for forsking og teknologisk utvikling.
Forskingsrådet har teke på seg ansvaret for å vere eit mobilitetssenter i det europeiske nettverket av mobilitetssenter (ERAMORE). Forskingsrådet har òg fått støtte frå EU til å etablere ein norsk nettportal som er kopla opp mot EUs eigen nettportal for forskarmobilitet, www.eracareers.com. Gjennom å gi strukturert informasjon om reglar o.a. skal det norske mobilitetssenteret og portalen vere eit hjelpemiddel for både norske og utanlandske forskarar som ønskjer eit opphald utanfor sitt eige land.
Forskingsrådet har i 2006 arbeidd vidare med oppfølging av ein strategi for norsk forskings- og teknologisamarbeid med Nord-Amerika frå 2004, mellom anna i samarbeid med Innovasjon Noreg. Gjennom Leiv Eiriksson mobilitetsprogram vart det i 2006 gitt støtte til 30 stipend, dei fleste gjeld opphald i USA og Canada. Forskingsrådet har òg lagt til rette for auka bilateralt forskingssamarbeid med Japan, Kina, India, Russland, Sør-Afrika og Frankrike. Ei ordning for å stimulere bilateralt forskingssamarbeid har gitt støtte til i alt 136 søknader, og dekkjer dei prioriterte samarbeidslanda USA, Canada, Kina og Japan.
Internasjonalt forskingssamarbeid knytt til nordområda har vore prioritert i Forskingsrådet, særleg samarbeid med USA, Russland og sentrale EU-land. Nordisk forskingssamarbeid er styrkt gjennom etablering av mellom anna organisasjonen NordForsk, som har ansvar for nordisk samarbeid innanfor forsking og forskarutdanning. Forskingsrådet har mellom anna delteke i eit arbeid med å etablere nordiske senter for framifrå forsking.
FUGE
Funksjonell genomforsking har som mål å finne ut kva for funksjon gen og protein har og korleis dei verkar saman. FUGE er oppretta for å styrkje forsking og kompetanseutvikling innanfor funksjonell genomforsking i Noreg, og for å medverke til at Noreg blir ein likeverdig internasjonal partnar på feltet. Tildelinga over denne posten var på 51 mill. kroner i 2006. I tillegg har Forskingsrådet i 2006 tildelt 70 mill. kroner til FUGE av avkastninga frå Fondet for forsking og nyskaping, jf. kap. 286 post 50. I 2007 er tildelinga til FUGE over denne posten 46 mill. kroner.
FUGE starta i 2002 og skal avsluttast i 2011. Programmet inkluderer fleire fagområde: biologisk grunnforsking, IKT (bioinformatikk), medisinsk og marin forsking. Ei hovudsatsing hittil har vore å etablere elleve teknologiplattformer, som er nasjonale service- og kompetansesenter innanfor ulike spesialområde. Ei midtvegsevaluering i 2006 viser at dei fleste plattformene er ein viktig ressurs for forskingsmiljø og bedrifter og fungerer på eit godt internasjonalt nivå. Nokre av dei har ikkje fått den nasjonale statusen dei skulle ha, og det blir tilrådd omstruktureringar. Konseptet med nasjonale teknologiplattformer skal vidareførast i neste fase fram mot 2011, og fleire skal etablerast. Hausten 2006 vart GenoFisk, ei nasjonal plattform for funksjonell genomforsking på torsk og laks, etablert.
Samarbeidet med FORNY og Innovasjon Noreg for å styrkje norsk næringsutvikling i bioteknologi har halde fram i 2006. Internasjonalt deltek FUGE i tre ERA-net (jf. kap. 288 post 73) og i ulike samarbeidsaktivitetar med Nord-Amerika og Norden. Rekruttering er ein viktig del av satsinga, og programmet finansierte 47 doktorgradsårsverk og 33 postdoktorårsverk i 2006, i tillegg til 15 karrierestipend.
Ordning for finansiering av små driftsmidlar
I 2006 og 2007 vart det løyvd 40 mill. kroner til ei mellombels ordning for å auke tilgangen på små driftsmidlar til vitskapleg tilsette ved universitet og høgskolar. I samsvar med forslaget i St.meld. nr. 20 (2004–2005) er ordninga meint å vare til 2010. Sjå nærmare omtale i St.prp. nr. 1 (2005–2006) for Utdannings- og forskingsdepartementet. Institusjonane i universitets- og høgskolesektoren har handsama og prioritert søknader, og sendt ei samla innstilling til Forskingsrådet, som vurderer om søknadene tilfredsstiller gjeldande krav. I 2006 vart det gitt midlar til alle dei 41 institusjonane som søkte ordninga. Totalt vart det gitt midlar til 1 378 forskarar. Institusjonane set stor pris på ordninga og understrekar at forholdsvis små driftsmidlar har stor verdi for det einskilde forskingsmiljøet.
Kommersialisering av forskingsresultat
Kommersialisering av forskingsresultat og oppfinningar frå universitet og høgskolar er eit mål for Regjeringa. Det er mellom anna lagt til rette for dette ved at institusjonane i universitets- og høgskolesektoren har fått større fridom til å opprette eigne aksjeselskap, sjå omtale under programkategori 07.60. I 2006 vart det i alt løyvd om lag 13 mill. kroner frå Kunnskapsdepartementet til FORNY-programmet. 7 mill. kroner av midlane gjekk over denne posten, medan 6 mill. kroner vart løyvd over kap. 281 post 01. Løyvinga gjekk til teknologioverføringskontora ved universiteta og infrastrukturtiltak ved institusjonane i universitets- og høgskolesektoren. Nærings- og handelsdepartementet har i samråd med Kunnskapsdepartementet sett i gang eit arbeid for å greie ut og vurdere dei ulike offentlege aktørane og verkemidla innanfor kommersialisering av forsking. Målet er å sjå på behovet for auka samarbeid, arbeidsdeling og forenkling med sikte på auka verdiskaping. Arbeidet skal vere ferdig i løpet av 2007.
Strategiske fellesfunksjonar og informasjon
Dei strategiske fellesfunksjonane i Forskingsrådet omfattar mellom anna forskingspolitisk rådgiving, styrking av kunnskapsgrunnlaget for forskings- og innovasjonspolitikken, formidlingstiltak og arbeid med å styrkje den rolla Forskingsrådet har som møteplass for aktørane i forskingssystemet.
Av løyvinga på posten gjekk 51 mill. kroner til strategiske fellesfunksjonar og informasjon i 2006. I 2007 er tildelinga 46 mill. kroner.
Forskingsrådet har i løpet av 2006 styrkt arbeidet med kunnskapsgrunnlaget for forskings- og innovasjonspolitikken. Eit nytt prosjekt, Kunnskap om kunnskap, har som formål å systematisere kunnskapsgrunnlaget og sikre at det kan takast i bruk i Forskingsrådet og av andre aktørar. Forskingsrådet har òg arbeidd med å følgje opp faglege tilrådingar frå foresightprosjekta som vart fullførte i 2005, samt med å vurdere foresightarbeidet.
Nasjonal FoU-statistikk er ein viktig del av kunnskapsgrunnlaget for forskings- og innovasjonspolitikken. Statistikken blir laga av NIFU STEP Studier av innovasjon, forsking og utdanning og Statistisk sentralbyrå (SSB) og finansiert av Forskingsrådet. I samarbeid med NIFU STEP og SSB utarbeider Forskingsrådet rapporten Det norske forskings- og innovasjonssystemet – statistikk og indikatorar annakvart år. Den siste kom i februar 2006. Rapporten gir eit samla bilete av tilgjengeleg statistikk for FoU og innovasjon, forutan analysar og internasjonale samanlikningar.
Det daverande Utdannings- og forskingsdepartementet oppretta i 2004 Komité for integreringstiltak – Kvinner i forsking, og det vart avsett til saman tre mill. kroner til dette arbeidet i 2006. Kunnskapsdepartementet evaluerte tiltaket hausten 2006, og det vart vedteke at komiteen skulle vidareførast for ein ny treårsperiode. Den nye komiteen starta arbeidet sitt 1. april 2007. Forskingsrådet har vedteke ein policy for likestilling og kjønnsperspektiv i forsking.
Forskingsrådet har forvaltningsansvar for KILDEN (informasjons- og dokumentasjonssenteret for kvinne- og kjønnsforsking), Teknologirådet og dei tre nasjonale forskingsetiske komitéane for medisin, naturvitskap og teknologi og samfunnsvitskap og humaniora (NEM, NENT og NESH). I 2006 vurderte ei arbeidsgruppe eventuelle endringar i mellom anna eigartilhøve, finansiering og lokalisering av KILDEN. Arbeidsgruppa tilrår at Forskingsrådet framleis skal ha ansvar for senteret, at kjerneoppgåvene skal vere knytte til formidling av kjønnsforsking nasjonalt og internasjonalt, at Forskingsrådet skal styrkje kontakten med og bruken av KILDENs kompetanse, og at grunnløyvinga skal styrkjast.
Verksemda i regi av dei nasjonale forskingsetiske komitéane vart i 2006 evaluert av ein nordisk komité nedsett av Forskingsrådet. Evalueringsrapporten er positiv, og det norske forskingsetiske komitésystemet blir karakterisert som eit velutbygd system med ei brei og fagleg velfundert forskingsetisk vurdering. Gjennom forskingsetikklova, som tredde i kraft 1. juli 2007, vart dei nasjonale forskingsetiske komitéane lovfesta.
Forskingsrådet har halde fram med å utvikle formidlingstiltak retta mot allmenta. Formidlinga skjer mellom anna gjennom bladet Forskning og nettstaden forskning.no. Bladet Forskning merkar ein jamt stigande etterspurnad, og opplaget kom i 2006 opp i 18 500. Nettstaden forskning.no er vel etablert som kjelde til nyhende frå norsk og internasjonal forsking og blir mellom anna mykje brukt av redaksjonar, journalistar og skoleelevar. Nettstaden hadde i gjennomsnitt 410 000 unike besøk kvar månad i 2006. Forskingsrådet deler òg ut ein formidlingspris og ein pris for framifrå forsking.
Forskingsdagane 2006 hadde etikk som hovudtema og Ibsen-jubileet som deltema. Mediedekninga var større enn nokon gong med om lag 700 oppslag, og den internasjonale kontakten har auka. Nysgjerrigper har ei rekkje tiltak for og tilbod til barn. Målet er å auke interessa for forsking og på lang sikt å leggje grunnlag for framtidig rekruttering til forskaryrket. Forskingsrådet samarbeider med Stiftelsen ungdom og forskning om konkurransen Unge forskarar.
Mål for 2008
Forskingsrådet skal i 2008 nytte løyvingane på posten til :
Å syte for at dei beste forskingsmiljøa får gode vilkår uavhengig av fagområde.
Å følgje opp dei tematiske og teknologiske prioriteringane i forskingsmeldinga.
Å medverke til god og balansert rekruttering til norsk forsking, med vekt på postdoktornivå.
Å syte for god nasjonal arbeidsdeling og prioritering i samband med investeringar i avansert vitskapleg utstyr og infrastruktur.
Å medverke til styrkt internasjonalisering av norsk forsking.
Å drive systematiske fag- og disiplinevalueringar og følgje opp desse.
Budsjettforslag for 2008
Løyvinga på kap. 285 post 52 blir vidareført på om lag same nominelle nivå som i 2007. Fordi størstedelen av løyvinga er finansiert av avkastninga frå Forskingsfondet, er løyvinga ikkje lønns- og prisjustert. Aktivitetane som får midlar over posten skal i all hovudsak vidareførast på om lag same nivå som i 2007. Midlane skal fordelast om lag slik som vist i tabell 4.12. Innanfor løyvinga skal Noregs forskingsråd nytte 10 mill. kroner til å setje i verk ei ny ordning med nasjonale forskarskolar frå hausten 2008. Dette skal inkludere vidareføring av løyvinga til forskarskolen ved Simula-senteret. I tillegg til løyvingane over post 52 blir tilsegnsfullmakta ført vidare på same nivå som i 2007, dvs. 37,5 mill. kroner, jf. forslag til vedtak III nr. 1.
Post 55 Administrasjon
Administrasjonsutgiftene til Noregs forskingsråd blir finansierte av Kunnskapsdepartementet på vegner av alle departementa. Løyvinga på denne posten utgjorde om lag 6 pst. av dei samla løyvingane frå departementa til Forskingsrådet. I 2006 var 344 årsverk knytte til administrasjonen. Det er ein auke på fem årsverk i høve til 2005. 60,5 pst. av årsverka blir utførte av kvinner, om lag same nivå som i dei siste åra.
Forskingsrådet har i 2006 utarbeidd ein ny organisasjonsstrategi for perioden 2007–10. Strategien skal inngå i den overordna strategien til Forskingsrådet Forsking flytter grenser og skal sikre ein best mogleg bruk av organisasjonen i høve til Forskingsrådets mål.
I 2006 har Forskingsrådet arbeidd vidare med å forbetre og vidareutvikle den elektroniske søknadsordninga (eSak). Forskingsrådet sette også i gang eit stort forprosjekt om forbetring av heimesida deira hausten 2006, og arbeidde våren 2007 med å gjennomføre dette.
Eigedomsforvaltninga i Forskingsrådet gjeld drift av eigedommar som er eigde av Forskingsrådet, men som blir disponerte av andre institusjonar. I samsvar med vedtak i Hovudstyret er omfanget av denne verksemda redusert og arbeidet med sal og overdraging av eigedommar vart vidareført i 2006. Hausten 2006 inngjekk Forskingsrådet ein avtale med Statsbygg om eigedomsoverføringar i Gaustadbekkdalen.
Kunnskapsdepartementet meiner at dei budsjettmessige overføringane frå 2006 til 2007 var for høge. Forskingsrådet har i 2007 sett i verk ei rekkje tiltak for å redusere overføringane. Dei budsjettmessige overføringane skal reduserast i 2008.
Forskingsrådet skal ha ei god personal- og økonomiforvaltning som sikrar effektiv utnytting av ressursane i høve til måla til Forskingsrådet.
Løyvinga til administrasjon av Noregs forskingsråd blir ført vidare på same nivå som i 2007.
Kap. 286 Fondet for forsking og nyskaping
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2006 | Saldert budsjett 2007 | Forslag 2008 |
50 | Overføring til Noregs forskingsråd | 709 003 | 939 560 | 939 560 |
95 | Fondskapital | 14 000 000 | 10 000 000 | 6 000 000 |
Sum kap. 286 | 14 709 003 | 10 939 560 | 6 939 560 |
Fondet for forsking og nyskaping vart oppretta 1. juli 1999 og har frå 1. januar 2007 ein fondskapital på 60 mrd. kroner. Fondet skal sikre langsiktige og stabile forskingsløyvingar og skal medverke til å oppfylle dei overordna forskingspolitiske måla, jf. St.meld. nr. 20 (2004–2005). Fondet har i dei siste åra vore eit viktig instrument for å styrkje løyvingane til forsking. Framfor alt har midlane gått til satsingar som betrar kvaliteten i norsk forsking.
Post 50 Overføring til Noregs forskingsråd
Rapport for 2006–07
Noregs forskingsråd er ansvarleg for fordelinga av den delen av avkastninga frå Fondet for forsking og nyskaping som blir løyvd over kap. 286. Løyvinga i 2006 var på om lag 709 mill. kroner og gjekk til følgjande formål:
Tabell 4.13 Midlar frå Fondet for forsking og nyskaping. Fordeling etter verkemiddel. 2006
Verkemiddel | mill. kroner |
---|---|
Store program | 225,3 |
Andre programsatsingar | 50,5 |
Frittståande prosjekt | 99,6 |
Infrastruktur og institusjonsstøtte | 176,2 |
Forvaltning | 150,0 |
Diverse FoU | 7,6 |
Sum | 709,2 |
Kvalitet er det fremste kriteriet for tildeling av midlar frå Forskingsfondet. Forskarutdanning og internasjonalisering er sentrale element i dei ulike satsingane. Fondet medverkar til målet om å auke talet på rekrutteringsstillingar. I 2006 finansierte midlar frå fondet om lag 341 doktorgradsårsverk og 192 postdoktorårsverk Av doktorgradsårsverka var 29 pst. kvinner mens kvinnene utgjorde 31 pst. av postdoktorårsverka.
Om lag 32 pst. av fondsmidlane var i 2006 nytta til tematiske satsingar gjennom dei sju store programma i Forskingsrådet: FUGE, NANOMAT, VERDIKT, HAVBRUK, NORKLIMA, RENERGIog PETROMAKS. Dei store programma er særleg viktige for realisering av dei tematiske og teknologiske prioriteringane i forskingspolitikken, og får finansiering frå mange departement i tillegg til finansieringa frå Forskingsfondet. I 2006 var den samla budsjettramma for alle programma 829 mill. kroner.
FUGE (funksjonell genomforsking) dekkjer fagleg breitt innanfor biologisk grunnforsking, bioinformatikk samt marin og medisinsk forsking. FUGEs nettverk av elleve nasjonale teknologiplattformer vart evaluert i 2006.
NANOMAT tek sikte på å skaffe ny kunnskap for industriutvikling innanfor energi- og miljøteknologi, nanostrukturerte materialar, materialar for IKT, sensorar og smarte materialar, og for å utnytte nye materialar og nanoteknologi innanfor helse og velferd. Programmet har medverka i arbeidet med Nasjonal strategi for nanovitenskap og nanoteknologi, som var ferdig hausten 2006.
VERDIKT skal medverke til at Noreg blir leiande i å utvikle og bruke kunnskap for samhandling, innovasjon og verdiskaping i eit IKT-basert nettverkssamfunn. I 2006 har ein sentral aktivitet vore å utarbeide og forankre ein programplan.
HAVBRUK skal sikre og vidareutvikle det faglege grunnlaget for marknadsretta, miljø- og ressursvennleg produksjon av akvatiske organismar. I 2006 var leverandørnæringa, vidareutvikling av laksenæringa og oppdrett av nye artar prioriterte område.
NORKLIMA skal skaffe kunnskap om klimasystemet, klimaendringar og korleis klimaendringar verkar på natur og samfunn. NORKLIMA fekk god omtale i den evalueringa som vart gjennomført da nasjonal handlingsplan for klimaforsking vart utarbeidd.
RENERGIskal utvikle kunnskap og løysingar som grunnlag for miljøvennleg, økonomisk og rasjonell forvaltning av energiressursane i landet, høg forsyningssikring og internasjonalt konkurransedyktig næringsutvikling tilknytt energisektoren. RENERGI vektlegg forskingsformidling og har i 2006 vore med på å organisere og finansiere fleire konferansar.
PETROMAKS skal gjennom styrkt kunnskapsutvikling, næringsutvikling og internasjonal konkurransekraft medverke til at petroleumsressursane skapar auka verdi for samfunnet. Mange av prosjekta som vart avslutta i 2006, har gitt synlege og viktige resultat med omsyn til grunnleggjande kompetanse og løysingar som kan medverke til betre utnytting av petroleumsressursane på norsk sokkel.
Under kategorien Andre programsatsingar ligg mellom anna FIFOS, som er ei satsing på innovasjon og fornying av offentleg sektor, og programmet Kunnskapsutvikling for norsk språkteknologi (KUNSTI).
Fondsfinansieringa innanfor Frittståande prosjekt er dominert av STORFORSK, som skal styrkje den frie grunnforskinga ved å støtte større prosjekt enn det vanlegvis er rom for innanfor den frie prosjektstøtta. I 2005 vart det delt ut i overkant av 250 mill. kroner til 17 grunnforskingsprosjekt over ein fireårsperiode. I 2006 vart ordninga tildelt 61 mill. kroner. Ordninga med Ungre framifrå forskarar (YFF) skal gi yngre talentfulle forskarar innanfor alle fagområde ekstra gode rammevilkår, slik at dei kan nå internasjonal toppklasse. Ordninga vart òg finansiert over kap. 285 post 52, jf. omtale under dette kapitlet. Våren 2007 tildelte Forskingsrådet midlar til 20 yngre forskarar. Desse vil samla ta imot om lag 175 mill. kroner i dei neste fire åra. Dei frittståande prosjekta inneheld òg ei bioprospekteringssatsing som mellom anna skal utvikle forskargrupper som har føresetnader for å hevde seg internasjonalt, og som har potensial til å framstå som attraktive samarbeidspartnarar for industrien.
Om lag ein firedel av fondsmidlane vart i 2006 nytta til Infrastruktur og institusjonsstøtte. I denne kategorien ligg mellom anna Senter for framifrå forsking (SFF), som er ei av hovudprioriteringane innanfor fondsmidlane. SFF-ordninga er viktig for å auke kvaliteten i forskingsmiljøa. Fleire av miljøa er i internasjonal toppklasse. Til saman på alle sentra vart det i 2006 utført 497 årsverk av det vitskaplege personellet. I løpet av 2006 hadde sentra 669 publikasjonar i vitskaplege tidsskrift med referee-ordning, ein auke på over 30 pst. frå 2005. Ei midtvegsevaluering av dei 13 sentra som vart starta i 2002–03, vart gjennomført i 2006. Midtvegsevalueringa skulle danne grunnlag for vedtak om vidare drift i dei siste fem åra, eventuelt avvikling av sentra etter dei første fem åra. Resultatet var svært positivt og viste mellom anna at forskinga held eit jamt over høgt nivå, at sentra har vorte attraktive samarbeidspartnarar både nasjonalt og internasjonalt, at forskarrekrutteringa er god på alle nivåa, og at sentra har medverka til at norsk forsking er meir synleg og har fått auka status internasjonalt. Ni av sentra fekk topp vurdering, mens fire senter måtte utarbeide ein oppfølgingsrapport i samsvar med merknader frå evalueringskomiteen. Merknadene var relaterte til organisatoriske spørsmål. Alle sentra fekk behalde statusen som SFF ut tiårsperioden. Åtte nye forskingssenter vart valde ut som SFF i 2006 og starta opp i 2007:
Equality, Social Organization, and Performance (ESOP)
Centre for Geo-Biology
Centre for the Study of Mind in Nature
Center of Theoretical and Computational Chemistry
Centre of Excellence: Centre for Ecological and Evolutionary Synthesis
Centre for Cancer Biomedicine
Centre for Immune Regulation
Centre for Biomedical Computing
Ordninga Senter for forskingsdriven innovasjon (SFI) har til formål å byggje opp eller styrkje norske forskingsmiljø som arbeider i tett samspel med innovativt næringsliv, samt å støtte langsiktig forsking som fremmer innovasjon og konkurransekraft i næringslivet. I 2006 vart 14 senter valde ut, og det vart arbeidd med konsortieavtalar som skal liggje til grunn for samarbeidet mellom partnarane i eit SFI. Sentra starta verksemda i 2007.
Kategorien Infrastruktur og institusjonsstøtte gjeld òg satsing på grunnleggjande sjukdomsmekanismar. Denne satsinga skal mellom anna utvikle særleg sterke og tverrfaglege forskingsmiljø på høgt internasjonalt nivå. Kategorien inneheld òg løyvingar til kompetansefelt for næringsutvikling, som gjeld nasjonale kompetansemiljø som er særleg relevante for framtidig næringsutvikling, samt midlar til oppretting av ein forskarskole ved Simula-senteret.
Størstedelen av midlane innanfor kategoriane Diverse FoU og Forvaltning går til gåveforsterkingsordninga. Gåveforsterkingsordninga vart etablert i 2006 for å stimulere til privat finansiering av grunnleggjande forsking ved å gi eit offentlig tilskott på 25 pst. av gåvesummen. I 2006 tildelte Forskingsrådet om lag 135 mill. kroner i gåveforsterking. Det samla gåvebeløpet var på om lag 541 mill. kroner. Forskingsrådet bruker også nokre fondsmidlar til administrasjonsoppgåver knytte til fondsaktivitetar.
Mål for 2008
Forskingsrådet skal nytte løyvingane på posten til følgjande:
Å syte for at dei beste forskingsmiljøa får gode vilkår uavhengig av fagområde og bransjar.
Å følgje opp dei tematiske og teknologiske prioriteringane i forskingsmeldinga.
Å medverke til god og balansert rekruttering til norsk forsking, med vekt på postdoktornivå.
Å syte for god nasjonal arbeidsdeling og prioritering i samband med investeringar i avansert vitskapleg utstyr og infrastruktur.
Å medverke til styrkt internasjonalisering av norsk forsking.
Budsjettforslag for 2008
Løyvinga over kap. 286 post 50 blir vidareført på same nominelle nivå som for 2007. Fordi løyvinga er finansiert av avkastninga frå Forskingsfondet, er løyvinga ikkje lønns- og prisjustert. Dette inneber at aktivitetane som blir finansierte over denne posten blir ført vidare på om lag same nivå som i 2007.
Post 95 Fondskapital
Regjeringa foreslår å auke kapitalen i Fondet for forsking og nyskaping med 6 mrd. kroner frå 1. januar 2008, slik at samla kapital blir 66 mrd. kroner. Kapitalen i Fondet for forsking og nyskaping blir plassert som kontolån til staten med ei rente som tilsvarar renta på statsobligasjonar med ti års bindingstid.
Kap. 3286 Fondet for forsking og nyskaping
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2006 | Saldert budsjett 2007 | Forslag 2008 |
80 | Avkastning | 2 135 303 | ||
85 | Avkastning | 2 653 460 | 3 084 460 | |
Sum kap. 3286 | 2 135 303 | 2 653 460 | 3 084 460 |
Kapitlet gjeld avkastning frå Fondet for forsking og nyskaping, jf. kap. 286. Avkastninga aukar med 431 mill. kroner i høve til saldert budsjett 2007, på grunn av kapitalauken på 10 mrd. kroner i 2007.
Avkastninga frå Forskingsfondet vil i 2008 bli fordelt på følgjande måte:
594,6 mill. kroner i direkte forskingsløyvingar til universitet og høgskolar over kategori 07.60
939,6 mill. kroner til Noregs forskingsråd over kap. 286 post 50
988,7 mill. kroner til Forskingsrådet over kap. 285 post 52
525,7 mill. kroner til EUs rammeprogram for forsking og teknologisk utvikling over kap. 288 post 73
35,9 mill. kroner over kap. 920 post 50 på budsjettet til Nærings- og handelsdepartementet
Kap. 287 Forskingsinstitutt og andre tiltak
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2006 | Saldert budsjett 2007 | Forslag 2008 |
21 | Særskilde driftsutgifter | 2 876 | 3 362 | 4 607 |
53 | NOVA og NUPI | 41 094 | 42 656 | 44 490 |
54 | Forskingsstiftelsar | 48 075 | 49 902 | 52 048 |
56 | Ludvig Holbergs forskingspris | 9 105 | 9 100 | 9 100 |
71 | Tilskott til andre private institusjonar | 19 159 | 23 517 | 31 028 |
73 | Niels Henrik Abels matematikkpris | 12 408 | 12 400 | 12 400 |
Sum kap. 287 | 132 717 | 140 937 | 153 673 |
Post 21 Særskilde driftsutgifter
Løyvinga skal nyttast til å dekkje utgifter til utgreiingar o.a. som vil medverke til å betre kunnskapsgrunnlaget for forskingspolitikken. I 2006 er løyvinga mellom anna nytta til å finansiere utgreiingar frå NIFU STEP om rekruttering til norsk forsking og om utanlandske doktorgradsstudentar. I tillegg er det løyvd kr 865 000 til forskingsrådssatsinga Forsking, innovasjon og økonomisk vekst.
Budsjettforslag for 2008
For 2008 foreslår departementet at løyvinga blir reelt auka med 1,1 mill. kroner i høve til saldert budsjett for 2007. Auken er knytt til at Noreg skal arrangere eit høgnivåmøte for OECDs vitskapskomité.
Post 53 NOVA og NUPI
Forskinga og utviklingsarbeidet ved Norsk institutt for forsking om oppvekst, velferd og aldring (NOVA) skal føre til auka kunnskap om sosiale tilhøve og endringsprosessar. Norsk Utanrikspolitisk Institutt (NUPI) har som formål å medverke til auka innsikt i mellomfolkelege spørsmål ved å drive forsking og ved å spreie informasjon om internasjonale tilhøve.
Rapport for 2006–07
I sin strategiske plan for perioden 2006–09 slår NOVA fast at deira profil er sosialforsking i eit livsløpsperspektiv. NOVA har som ambisjon å vere nasjonalt leiande innanfor den samfunnsvitskaplege delen av forskingsfelta barnevern, ungdom, aldring og livsløp, trygd, innvandring og funksjonshemming. På dei andre områda skal NOVA vere nasjonalt sterkt. Dette er i tråd med det målet departementet har sett om at NOVA skal utvikle posisjonen sin som eit leiande forskingsinstitutt innanfor dei faglege kjerneområda sine. I planperioden vil NOVA styrkje dei nye tematiske felta europeisk velferdspolitikk, organisering av omsorg, sosial og kulturell kapital og forskingsbasert evaluering. Instituttet har for perioden fått godkjent eit nytt strategisk instituttprogram om europeisk velferdspolitikk som starta i 2006.
Forskarane ved NOVA utførte 74,5 årsverk i 2006. Dette er ein auke på 7,5 årsverk frå 2005. NOVA er blant dei samfunnsvitskaplege forskingsinstitutta som har flest doktorgradar per forskarårsverk. Den vitskaplege publiseringa har auka noko frå 2005. Talet på artiklar i internasjonale tidsskrift med fagfellevurdering har stige frå 27 i 2005 til 31 i 2006. Samla tal på utgitte artiklar har auka frå 0,57 per forskarårsverk i 2005 til 0,62 i 2006. Gjennomsnittet for samfunnsvitskaplege institutt i Noreg ligg på 0,60 artiklar per forskarårsverk i 2006.
Basisløyvinga over kap. 287 stod for 32 pst. av dei samla inntektene til NOVA i 2006. Dette er noko lågare enn i 2005. Den internasjonale finansieringa gjekk noko ned i 2006. Målet om å auke den internasjonale finansieringa i 2006 er derfor ikkje nådd. Samtidig har NOVA i 2006 styrkt det internasjonale samarbeidet og auka den internasjonale publiseringa. Instituttet har derfor nådd målet om å auke det internasjonale samarbeidet. NOVA har òg sett i verk ei rekkje tiltak for å auke den internasjonale finansieringa. Dette resulterte mellom anna i at Nordforsk peika ut NOVA som vertskap for Nordic Centre of Excellence. I 2006 vart NOVA omorganisert for å styrkje den internasjonale satsinga og den tverrgåande faglege verksemda. Blant anna oppretta NOVA ei ny stilling som forskarsjef.
NUPI har i 2006 nådd måla om å vere eit leiande forskingsinstitutt innanfor sine faglege kjerneområde og arbeide for å styrkje finansieringa frå internasjonale finansieringskjelder. NUPI har eit stort nettverk og ein sterk internasjonal profil, og dei tilsette har utstrakt forskingssamarbeid med utlandet. I 2006 har NUPI starta to nysatsingar: eit program for energi og eit for sikkerheitssektorreform i svake statar. Kompetansen innanfor utviklingsforsking og internasjonal økonomi vart styrkt i 2006. Vitskaplege publikasjonar har halde seg på eit høgt nivå også i 2006. Det vart publisert 0,91 artiklar per forskarårsverk, noko som er langt over landsgjennomsnittet for samfunnsvitskaplege institutt i Noreg. Tilsvarande tal for 2005 var 0,86. Inntektene frå næringslivet og internasjonale kjelder har auka i 2006, likevel har NUPI som målsetjing å auke dette ytterlegare i 2007.
Staben ved NUPI utførte 63 årsverk i 2006. Dette er ein liten nedgang frå 2005. I likskap med NOVA er NUPI eit av dei samfunnsvitskaplege forskingsinstitutta med flest doktorgradar per forskarårsverk. Talet har gått opp frå 0,40 i 2005 til 0,58 i 2006.
NUPI gir ut tre tidsskrift: «Internasjonal politikk», «Nordisk østforum» og «Forum for development studies». I tillegg gir NUPI ut artikkelserien «Hvor hender det?».
Samanlikna med andre samfunnsvitskaplege forskingsinstitutt har NUPI få kvinnelege forskarar. NUPI har 24 pst., mens gjennomsnittet er 40 pst. Departementet har sett som mål at NUPI skal rekruttere fleire kvinner til forskarstillingar. NUPI har ambisjonar om ein auke til 30 pst. i 2008, og dei har sett i verk ei rekkje tiltak for å rekruttere fleire kvinner.
Basisløyvinga over kap. 287 stod for 31 pst. av dei samla inntektene til NUPI i 2006. Dette er ein liten auke frå 2005.
Mål for 2008
Dette er måla for NOVA i 2008:
NOVA skal utvikle posisjonen som eit leiande forskingsinstitutt innanfor dei faglege kjerneområda sine.
NOVA skal styrkje det internasjonale samarbeidet og auke den internasjonale finansieringa.
Dette er måla for NUPI i 2008:
NUPI skal vere et leiande forskingsinstitutt innanfor dei faglege kjerneområda sine.
NUPI skal styrkje finansieringa frå internasjonale finansieringskjelder.
NUPI skal rekruttere fleire kvinner til forskarstillingar.
Budsjettforslag for 2008
For 2008 blir det foreslått ei løyving på om lag 25,9 mill. kroner til NOVA og om lag 18,6 mill. kroner til NUPI. Dette inneber at løyvinga på posten blir ført vidare på same nivå som i 2007.
Post 54 Forskingsstiftelsar
Forskingsrådet har eit strategisk ansvar for instituttsektoren og har derfor fått ansvaret for å tildele basisløyvingane til forskingsinstitutta over denne posten. Basisløyvingane skal nyttast til å byggje opp langsiktig kompetanse på særskilde område. Dei skal ikkje nyttast til å subsidiere oppdragsforsking. Den årlege tildelinga av basisløyvingar gjer Forskingsrådet i stand til å følgje utviklinga både i sektoren og ved kvart einskilt institutt. Forskingsrådet arbeider for å fremme kvalitet i forskinga ved institutta, betre samarbeidsrelasjonar og fremme ei formålstenleg arbeidsdeling i sektoren. Arbeidet skjer gjennom kontakt med instituttleiarane, dialogmøte med institutta, systematiske instituttevalueringar, årleg rapportering frå institutta og tildelingar av strategiske instituttprogram.
Rapport for 2006–07
Posten finansierte i 2006 basisløyvingane til følgjande fem frittståande forskingsinstitutt: Institutt for fredsforsking (PRIO), Fridtjof Nansens Institutt (FNI), Institutt for samfunnsforsking (ISF), Forskingsstiftelsen Fafo og NIFU STEP Studier av innovasjon, forsking og utdanning.
PRIO og FNI er utanrikspolitiske institutt. I 2006 tildelte Forskingsrådet totalt 18 mill. kroner i basisløyving til desse institutta over denne posten. Dei to institutta hadde til saman 64 forskarårsverk i 2006 mot 56 forskarårsverk i 2005.
Fafo og ISF driv hovudsakleg forsking om arbeidsmarknaden, arbeidslivet, velferd, veljaråtferd, kjønn og samfunn samt anvende internasjonale studiar. I 2006 var den samla basisløyvinga til desse institutta 17,9 mill. kroner over denne posten, og samla tal på forskarsårsverk var 92 mot 102 i 2005. I 2006 fekk NIFU STEP 9,6 mill. kroner i basisløyving over denne posten, og det vart utført 62 forskarårsverk.
Nokre av desse institutta mottek òg midlar til strategiske instituttprogram over andre postar og kapittel på statsbudsjettet.
Delen internasjonal finansiering har under eitt gått noko ned for desse institutta frå 2005 til 2006.
På oppdrag frå Kunnskapsdepartementet har Forskingsrådet gått gjennom dei institutta som arbeider innanfor det arbeids- og sosialpolitiske området og området for utanriks- og tryggleikspolitikk. Kvart område er vorte gjennomgått av utval sette saman av norske og utanlandske medlemmer. Hovudkonklusjonen til utvala er at begge instituttgruppene fungerer godt og leverer forsking av god kvalitet og med stor relevans.
Forskingsrådet meiner at det ikkje er behov for tiltak for å endre instituttsektoren korkje frå Forskingsrådet eller frå departementa si side innanfor dei forskingsområda som er gjennomgåtte. Forskingsrådet peika på at kontakten med oppdragsgivarane og brukarane kan betrast. Kunnskapsdepartementet er einig i denne vurderinga. Kunnskapsdepartementet meiner òg at institutta bør styrkje si internasjonale orientering.
Mål for 2008
Basisløyvingane til dei samfunnsvitskaplege institutta er ein viktig føresetnad for å styrkje deira rolle i det norske forskingssystemet. Løyvingane skal medverke til å halde ved like og byggje opp langsiktig fagleg kompetanse og styrkje kvaliteten på forskingsverksemda. I samsvar med forslaget i rapporten frå gjennomgangen av dei arbeids- og sosialpolitiske og dei utanrikspolitiske institutta skal Forskingsrådet medverke til å opprette brukarfora for å styrkje kommunikasjonen mellom brukarane og desse institutta.
Budsjettforslag for 2008
Departementet foreslår at løyvinga blir ført vidare på same nivå som i 2007. Som følgje av at det nye finansieringssystemet for instituttsektoren skal setjast i verk frå 2009, blir det ikkje starta nye fleirårige strategiske instituttprogram (SIP-ar) i 2008 for dei institutta som mottek basisløyving på denne posten. Forskingsrådet får i oppgåve å tildele frigjorde SIP-midlar som grunnløyving til desse institutta. Midlane skal nyttast til å styrkje den langsiktige kompetanseutviklinga og utvikle nye eller styrkje eksisterande tematiske satsingsområde.
Post 56 Ludvig Holbergs forskingspris
Ludvig Holbergs forskingspris er ein internasjonal vitskapleg pris innanfor humaniora, samfunnsvitskap, juss og teologi som første gong vart delt ut i 2004. Prisen skal auke merksemda kring samfunnsvitskapleg og humanistisk forsking og medverke til kvalitetsheving og internasjonalisering av forskinga på desse områda. Holbergprisen er finansiert av avkastninga frå Ludvig Holbergs minnefond, jf. kap. 3287 post 86. Prisbeløpet er på 4,5 mill. kroner. Avkastninga finansierer også ulike arrangement i samband med prisutdelinga, den nordiske Nils Klim-prisen for yngre forskarar innanfor dei same fagområda og arrangement retta mot barn og unge. I 2006 fekk professor Shmuel N. Eisenstadt prisen for å ha utvikla komparativ kunnskap om sosial endring og modernisering og om samanhengar mellom kultur, verde- og trussystem og politiske institusjonar.
Avkastninga frå Ludvig Holbergs minnefond i 2007 til bruk i 2008 vil vere på 9,1 mill. kroner, jf. kap. 3287 post 86.
Post 71 Tilskott til andre private institusjonar
Posten dekkjer tilskott til Senter for grunnforsking ved Det Norske Videnskaps-Akademi, Det Norske Videnskabs-Akademi i Oslo (DNVA), Det Kongelige Norske Videnskabers Selskabs Akademi i Trondheim (DKNVS Akademi), Det Kongelige Norske Videnskabers Selskabs Stiftelse (DKNVS Stiftelse), vitskaplege fond, Egede Instituttet og Christian Michelsens Institutt. Tilskotta skal medverke til at forskingsinstitusjonane held fram med eller styrkjer den faglege verksemda si og kompetansenivået sitt. Tilskottet til DNVA skal også medverke til økt merksemd om forsking generelt og til auka internasjonalt samarbeid mellom forskarar, gjennom finansiering av administrasjonen knytt til utdeling av Kavli-prisane.
Rapport for 2006–07
Senter for grunnforsking skal vere eit felles miljø for særs dyktige norske og utanlandske forskarar og er viktig for å heve kvaliteten i grunnforskinga. Senteret fører vidare ei rekkje seminar som utgjer ein fast del av den tverrfaglege verksemda ved senteret. Våren 2006 hadde 42 forskarar lengre opphald ved senteret, av desse 19 norske forskarar og 23 utanlandske forskarar. Hausten 2006 arbeidde 39 forskarar ved senteret. Av dei totalt 81 forskarane var 19 kvinner.
DNVA, DKNVS Akademi og DKNVS Stiftelse har til oppgåve å fremme norsk vitskap, mellom anna ved å gi ut vitskapleg litteratur, forvalte vitskaplege fond og skape kontakt med utanlandske miljø og organisasjonar. Det har i 2006 vore stor aktivitet i form av konferansar og fagseminar, og arbeidet med populærvitskaplege formidlingsaktivitetar har halde fram. DNVA vart i 2006 tildelt ei jubileumsgåve frå Kunnskapsdepartementet på kr 500 000, til bruk i samband med feiringa av 150-årsjubileet til akademiet i 2007. DNVA har i tillegg ansvaret for å administrere utdelinga av Abel-prisen, jf. omtale under post 73. Frå 2008 vil akademiet òg ha ansvaret for utdeling av dei nye Kavli-prisane.
Tilskottet til Vitskaplege fond gjeld administrasjon av Nansenfondet, Det vitenskapelige forskningsfond av 1919 samt Institutt for sammenlignende kulturforskning.
Tilskottet til Christian Michelsens Institutt går til menneskerettsforskinga ved instituttet. Hovudprioriteringane i 2006 har vore publikasjonar, seminar og foredrag for å skape debatt i det offentlege rom omkring spørsmål om menneskerettar. Forskingsaktivitetane har vore sentrert rundt følgjande emne: ytringsfridom, menneskerettar i nord-sør-relasjonar, plikter og praksis med omsyn til menneskerettar i næringslivet og helseetikk.
Egede Instituttet skal drive forsking og gi informasjon om misjon og tilgrensande fagområde samt tene kyrkjer, organisasjonar, teologiske fakultet og institusjonar for utdanning av misjonærar. Instituttet har vore involvert i ei rekkje ulike forskingsprogram i 2006.
Budsjettforslag for 2008
Departementet foreslår å auke løyvinga til DNVA nominelt med 6,5 mill. kroner til å planleggje og gjennomføre utdelinga av Kavli-prisane. Departementet foreslår vidare å auke grunnløyvinga til Det Kongelige Norske Videnskabers Selskap i Trondheim og Det Kongelige Norske Videnskabers Selskabs Stiftelse med til saman om lag kr 300 000. For dei andre institusjonane foreslår departementet at løyvinga blir ført vidare på same nivå som i 2007.
Tabell 4.14 Løyvingar til private vitskaplege institusjonar og tiltak (i 1 000 kroner)
Institusjon | 2006 | 2007 | 2008 |
---|---|---|---|
Senter for grunnforsking | 14 214 | 14 770 | 15 400 |
Det Norske Videnskaps-Akademi i Oslo | 2 900 | 6 650 | 13 150 |
Det Kongelige Norske Videnskabers Selskab i Trondheim | 180 | 184 | 340 |
Det Kongelige Norske Videnskabers Selskabs Stiftelse | 205 | 208 | 365 |
Vitskaplege fond | 135 | 140 | 145 |
Christian Michelsens Institutt | 1 220 | 1 250 | 1 300 |
Egede Instituttet | 305 | 315 | 328 |
Sum | 19 159 | 23 517 | 31 028 |
Post 73 Niels Henrik Abels matematikkpris
Niels Henrik Abels minnefond vart oppretta 1. januar 2002 med det formål å dele ut ein internasjonal vitskapleg pris for framifrå matematisk forsking. Fondet skal òg medverke til å auke interessa for matematikk og realfag i samfunnet, særleg blant barn og unge. Prisbeløpet er på 6 mill. kroner, og blir dekt av avkastninga frå fondet. Resten av avkastninga skal nyttast til ulike arrangement i samband med prisutdelinga, og til aktivitetar retta mot barn og unge. Avkastninga blir disponert av Det Norske Videnskaps-Akademi. Den femte Abel-prisen vart delt ut i Oslo 22. mai 2007. Prisen gjekk til indisk-amerikanske professor Srinivasa S.R. Varadhan for hans grunnleggjande bidrag til sannsynsteori og særleg for å ha skapt ein einskapleg teori for store avvik.
Avkastninga frå Abel-fondet i 2007 til bruk i 2008 vil vere på 12,4 mill. kroner, jf. kap. 3287 post 85.
Kap. 3287 Forskingsinstitutt og andre tiltak
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2006 | Saldert budsjett 2007 | Forslag 2008 |
80 | Avkastning frå Niels Henrik Abels minnefond | 12 408 | ||
81 | Avkastning frå Ludvig Holbergs minnefond | 9 105 | ||
85 | Avkastning frå Niels Henrik Abels minnefond | 12 400 | 12 400 | |
86 | Avkastning frå Ludvig Holbergs minnefond | 9 100 | 9 100 | |
Sum kap. 3287 | 21 513 | 21 500 | 21 500 |
Kapitlet gjeld avkastning frå Niels Henrik Abels minnefond og Ludvig Holbergs minnefond, jf. kap. 287 postane 56 og 73.
Kap. 288 Internasjonale samarbeidstiltak
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2006 | Saldert budsjett 2007 | Forslag 2008 |
21 | Særskilde driftsutgifter | 6 027 | 3 970 | 3 889 |
72 | Internasjonale grunnforskingsorganisasjonar | 132 721 | 131 991 | 145 522 |
73 | EUs rammeprogram for forsking | 743 931 | 657 786 | 999 521 |
75 | UNESCO | 14 103 | 13 782 | 16 171 |
Sum kap. 288 | 896 782 | 807 529 | 1 165 103 |
Post 21 Særskilde driftsutgifter
Løyvinga har vore nytta til ulike tiltak innanfor nordisk og internasjonalt utdanningssamarbeid. Løyvinga har mellom anna dekt tilskott til Foreningen Norden, kontingent til Senter for utdanningsforskning (CERI) under OECD og norsk deltaking i den årlege teikne- og stilkonkurransen Europa i skolen. Løyvinga har òg vore nytta til utgifter i samband med deltakinga i UNESCO.
Løyvinga vil bli nytta på utdanningsområdet til nordisk og internasjonalt samarbeid samt til å dekkje utgifter knytte til deltaking i styret i UNESCO og norsk vertskap for Education for All høgnivåmøte i Oslo i desember 2008. Midlane til Foreningen Norden blir frå 2008 overførte til kap. 225 post 74. Midlane til ASPnet og Europa i skolen blir foreslått overførde til kap. 220 frå 2008.
Post 72 Internasjonale grunnforskingsorganisasjonar
Målet med satsinga er dels å ta del i avansert forsking som er så ressurskrevjande at det ikkje hadde vore mogleg utan internasjonalt samarbeid, og dels å kunne vere med i utviklinga av nye forskingsområde. Satsinga er eit sentralt verkemiddel for å styrkje kvaliteten på norsk forsking, og deltakinga skal medverke til verdiskaping i norsk nærings- og samfunnsliv.
Løyvinga skal dekkje den norske kontingenten for deltaking i:
Organisation européenne pour la recherche nucléaire (CERN)
European Molecular Biology Laboratory (EMBL)
European Molecular Biology Conference (EMBC)
European Synchrotron Radiation Facility (ESRF)
International Agency for Research on Cancer (IARC)
CERN er ein av dei største installasjonane i verda for eksperimentelle studiar innanfor kjerne- og elementærpartikkelfysikk. EMBL driv avansert forsking innanfor molekylærbiologi og bioteknologi. EMBC gir, i samråd med EMBL, støtte til program for utveksling av forskarar innanfor molekylærbiologi. ESRF er eit laboratorium for forsking der ein nyttar synkrotronstråling innanfor ei rekkje disiplinar, med vekt på materialforsking. IARC driv kreftforsking knytt til Verdas helseorganisasjon.
Noreg dekkjer mellom om lag ein halv pst. og fem pst. av budsjetta til dei internasjonale grunnforskingsorganisasjonane. Det er ei viktig oppgåve for Noregs forskingsråd å sørgje for best mogleg fagleg utbytte av medlemskapen i desse organisasjonane. Mellom anna er det viktig å rekruttere fleire nordmenn til dei internasjonale laboratoria. Forskingsrådet gir midlar til norsk forsking i samband med medlemskapen, såkalla følgjeforsking. Desse midlane går inn i løyvingane til Forskingsrådet på kap. 285 post 52.
Rapport for 2006–07
Arbeidet ved CERN har i dei siste åra vore prega av bygginga av den nye partikkelakseleratoren, Large Hadron Collider (LHC). Anlegget vil gjere det mogleg for vitskapen å bringe fram grunnleggjande ny kunnskap om dei grunnpartiklane og fundamentale kreftene som formar materien og universet. Akseleratoren vil bli klar for drift i 2007, to år seinare enn den opphavlege planen frå 1996.
Den vitskaplege verksemda som følgjer av norsk medlemskap i CERN, blir finansiert gjennom Forskingsrådet. Dei CERN-relaterte prosjekta blir årleg evaluerte av eit internasjonalt panel sett ned av Forskingsrådet. Ekspertpanelet som har vurdert prosjekta, konkluderte med at kvaliteten på dei norske gruppene generelt er høg.
Dei totale midlane til følgjeforsking om CERN-relatert verksemd var på 18 mill. kroner i 2006. Desse er fordelte på tre langsiktige prosjekt knytte til oppbygging av eksperimenta ATLAS og ALICE på den store akseleratoren LHC. I løpet av året var fire doktorgradsstipendiatar (menn) og fem postdoktorkandidatar (menn) knytte til programmet. Det var 16 norske tilsette ved den faste staben ved hovudkvarteret i Genève i 2006. Dette er noko lågare enn kva ein kan forvente, jamfør storleiken på medlemskontingenten. 13 teknologistudentar nytta ei ordning om opphald ved CERN i samband med diplomoppgåvene sine. Om lag 50 norske forskarar har reist til CERN for å ta del i forskingsprosjekt i løpet av året, i stor grad takk vere midlane til følgjeforsking. Ein person er tilsett som Industry Liaison Officer for Noreg med oppgåve å formidle kontakt mellom CERN og norsk industri med tanke på kontraktar og teknologioverføring.
EMBL er den viktigaste europeiske organisasjonen innanfor molekylærbiologi. Samarbeidet i EMBL og EMBC er av stor verdi for norske forskingsmiljø innanfor livsvitskapane, og EMBL er særleg viktig for rekrutteringa til biofaga i Noreg. Universiteta i Oslo og Bergen har samarbeidsavtalar med EMBL knytt til doktorgradsutdanning, og også Universitetet i Tromsø er engasjert i forsking knytt til EMBL. Sars internasjonale senter for marin molekylærbiologi i Bergen har eit institusjonelt partnarskap med EMBL, som det første i sitt slag i Norden. Vidare vart det oppretta eit nordisk EMBL-tilknytt senter for molekylær medisin i eit nettverk med nodar i Finland, Sverige og Noreg. Ein felles partnarskapsavtale vart signert i oktober 2007. Den norske nasjonale noden ligg ved Universitetet i Oslo, og har ein eigen styringsstruktur og rådgivande vitskapleg komité. Det vart løyvd 5 mill. kroner til opprettinga av noden i 2007, jf. kap. 285 post 52.
Gjennom ESRF, det europeiske anlegget for synkrotronstråling, har norske forskarar god tilgang til å drive materialforsking og bioforsking som krev avansert røntgenstråling. Medlemskapen er organisert gjennom eit nordisk konsortium (NORDSYNC). Norske forskarar er i tillegg med i eit sveitsisk-norsk samarbeid om ei eiga strålelinje (SNBL). Saman med dei andre nordiske partnarane i NORDSYNC har Noreg høg utnytting av ESRF-medlemskapen. Noregs forskingsråd finansierte i 2006 ein doktorgradsstilling og tre postdoktorstillingar ved norske universitet der forsking ved ESRF og SNBL utgjorde sentrale delar. Noregs forskingsråd overtok 1. januar 2007 som kontraktspartnar for SNBL. Som ei følgje av dette fekk programmet for ESRF følgjeforsking utvida mandat, og skifta namn til Program for synkrotronforsking. Programmet vil vare til 2010.
IARC, som er tilknytt Verdas helseorganisasjon (WHO), fokuserer på epidemiologisk så vel som laboratoriebasert forsking, med vekt på studiar av det globale omfanget av kreft og årsaker til og førebygging av sjukdommen. Etter at IARC i 2006 fekk to nye medlemsland, har det no 19 medlemmer. Den største nasjonale nytta av IARC ligg i det generelle bidraget organisasjonen gir til kreftforskinga. Som felles organ for alle kreftregister har IARC eit unikt oversiktsmateriale over førekomsten av kreft i verda som forskarane kan nytte. Materialet er også nyttig for styremaktene i helsepolitiske avgjerder. I den nye femårige strategiplanen for IARC er fokus på område som har større nytte av globalt tverrfagleg samarbeid enn av arbeid på nasjonalt nivå. Administrativt har IARC teke initiativ til å styrkje arbeidsforma si med betre etiske vurderingar, og ei større merksemd på habiliteten til alle deltakarane. I Noreg er det i første rekkje Forskingsrådet, Kreftregisteret, Nasjonalt folkehelseinstitutt og Radiumhospitalet som tek del i samarbeidet. Norske miljø har vore aktive både i forskings- og styrearbeid i IARC.
Budsjettforslag for 2008
Kontingentkrava for 2008 er enno ikkje fastsette, og budsjettforslaget for 2008 er derfor basert på vedtekne kontingentar for 2007. Kontingentane avheng mellom anna av nettonasjonalinntekta i medlemslanda. Departementet foreslår at løyvinga blir nominelt auka med 13,5 mill. kroner. Endringa er knytt til at Norges del av kontingenten til CERN er auka som følgje av ein auke i Noregs nettonasjonalinntekt.
Tabell 4.15 Løyvingar til internasjonale grunnforskingsorganisasjonar (i 1 000 kroner)
Organisasjon | 2006 | 2007 | 2008 |
---|---|---|---|
CERN | 97 685 | 109 893 | 122 149 |
EMBL | 10 524 | 10 366 | 11 588 |
IARC | 5 582 | 6 491 | 5 990 |
ESRF | 3 571 | 3 448 | 3 702 |
EMBC | 1 732 | 1 793 | 2 093 |
SUM | 119 094 | 131 991 | 145 522 |
Post 73 EUs rammeprogram for forsking
EUs rammeprogram for forsking, teknologisk utvikling og demonstrasjonsaktivitetar er den største finansieringsforpliktinga Noreg har innanfor internasjonalt forskingssamarbeid. Med basis i EØS-avtalen deltek norske forskingsmiljø og verksemder på lik linje med EUs medlemsland i EUs rammeprogram. Målet med norsk deltaking i det sjuande rammeprogrammet er å fremme internasjonalisering og kvalitet i norsk forsking samt forsterke nasjonalt prioriterte område innanfor forsking og teknologi gjennom å utvikle samspill og meirverdi mellom nasjonale satsingar og deltaking i det europeiske forskingsområdet. Vidare er det eit mål å medverke til kunnskapsbasert innovasjon og fornying i norsk nærings- og samfunnsliv. EUs sjuande rammeprogram følgjer etter EUs sjette rammeprogram, som vart avslutta i 2006. Fleire av prosjekta i det sjette programmet vil likevel fortsette ut over 2006. Kunnskapsdepartementet vil leggje til rette for ei evaluering av norsk deltaking i det sjette rammeprogrammet hausten 2007.
Rapport for 2006–07
For norske forskingsmiljø og norsk næringsliv er det av stor nytte å delta i rammeprogrammet. Deltakinga inneber at norske forskingsinstitusjonar og norsk næringsliv tek del i den internasjonale kunnskapsutviklinga gjennom prosjektsamarbeid. Deltakinga gir òg tilgang på viktige internasjonale nettverk for deltakarane, og næringslivet får nye kommersielle utsikter.
Førebelse tal frå Noregs forskingsråd tyder på at norske forskingsmiljø har fått god utteljing i det sjette rammeprogrammet. Norske aktørar deltek i om lag 830 prosjekt som totalt involverer nærmare 4 500 norske forskarar og med deltakarar frå over 100 land. Noreg deltek dermed i om lag 10 pst. av alle prosjekt i rammeprogrammet. Når det gjeld suksessrate, det vil seie forholdet mellom innsende søknader og godkjende søknader, ligg søknader med norsk deltaking 10 prosentpoeng høgre enn snittet for EU-landa (respektive 28 mot 18 pst.).
Innanfor dei tematiske programma, som utgjer hovuddelen av budsjettet for det sjette rammeprogrammet, er det særskilt god norsk deltaking innanfor miljø, transport, samfunnsfaglege område, matvarar og energi. Marin og maritim forsking finst i fleire delar av det sjette rammeprogrammet, og utgjer vel ein tredel av den samla norske deltakinga i programmet. Auka norsk deltaking innanfor områda helse, IKT og nanovitskap, nanoteknologi og materialar, og betre bruk av ordningar for forskarmobilitet og forskingsinfrastruktur, vil bli vurderte i det sjuande rammeprogrammet.
Det sjette rammeprogrammet fekk nye tiltak og verkemiddel for sterkare samarbeid mellom nasjonale forskingsprogram. Det var i 2006 norsk deltaking i 44 av 106 såkalla ERA-NET, som inneber koordinering av nasjonale forskingsaktivitetar ved at program med nasjonal finansiering blir knytte saman. Noregs forskingsråd deltek i 32 ERA-NET. Det er i første rekkje departementa og dei forskingsfinansierande organa i Europa som deltek i desse aktivitetane. Dei får støtte frå Kommisjonen til nettverksbygging, men ikkje til sjølve forskinga.
Budsjettforslag for 2008
Samla budsjett for det sjuande rammeprogrammet for perioden 2007–13 er på om lag 50,5 mrd. euro. Den samla norske kontingenten er berekna til om lag 9,3 mrd. kroner. Kontingenten er avhengig av utviklinga i bruttonasjonalproduktet i deltakarlanda og endringar i valutakurs. Kvart rammeprogram har til nå dekt om lag fire år, medan prosjekta ofte strekkjer seg over ein lengre periode. Dei norske utbetalingane i 2008 vil omfatte utbetalingar som står att for det femte og det sjette rammeprogrammet, og eit førebuande program for tryggleiksforsking, samt utbetalingar for deltaking i det sjuande rammeprogrammet. Dei norske kostnadene i 2008 vil utgjere om lag 1 mrd. kroner.
Post 75 UNESCO
UNESCO, FNs særorganisasjon for utdanning, vitskap, kultur og kommunikasjon, har til hovudoppgåve å medverke til fred og sikkerheit ved å fremme internasjonalt samarbeid på fagområda til organisasjonen.
Løyvinga gjeld Noregs kontingent for medlemsskap i UNESCO og tilskott til World Heritage Fund. Gjennom medlemskapen kan Noreg ta i vare nasjonale synspunkt i UNESCO-arbeidet. Tilskottsmottakar er UNESCO, som har hovudkontor i Paris.
UNESCOs eksekutivråd møter to til tre gonger i året og er høgste instans mellom generalkonferansane, som blir haldne kvart anna år. Under UNESCOs generalkonferanse hausten 2005 vart Noreg vald inn i eksekutivrådet som ein av 58 statar. Noreg har plass i rådet fram til hausten 2009 og samarbeider nært med dei andre nordiske landa om å fremme ei felles nordisk linje i viktige saker.
Rapport for 2006–07
Løyvinga har vorte nytta til å sikre norsk deltaking i UNESCO gjennom å dekkje den norske medlemskontingenten. I 2006 har Noreg vore aktivt medlem i to vitskaplege UNESCO-program og komitear. Noreg har elles vore særleg aktiv for å fremme UNESCOs koordinerande arbeid med det globale utdanningsinitiativet Education for All (EFA). Dette arbeidet vil halde fram i 2008 mellom anna med vekt på temaet migrasjon og godkjenning av utdanning og med ansvar for å gjennomføre eit High Level Group-møte om EFA i Noreg. Temaet for dette høgnivåmøtet er finansiering og styring av EFA-prosessen. Noreg har òg delteke som einaste nordiske representant i ei ekspertgruppe som har vurdert UNESCOs arbeid og rolle innanfor vitskap i 2006 og 2007.
Budsjettforslag for 2008
Løyvinga dekkjer forpliktingane til kontingent i 2008.
Kap. 3288 Internasjonale samarbeidstiltak
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2006 | Saldert budsjett 2007 | Forslag 2008 |
04 | Refusjon av ODA-godkjende utgifter | 3 525 | 3 445 | 4 043 |
Sum kap. 3288 | 3 525 | 3 445 | 4 043 |
Løyvinga på post 04 gjeld innanlandske kostnader som etter statistikkdirektiv til OECD blir definerte som offentleg utviklingshjelp.
Programkategori 07.80 Utdanningsfinansiering
Utgifter under programkategori 07.80 fordelte på kapittel
(i 1 000 kr) | |||||
---|---|---|---|---|---|
Kap. | Nemning | Rekneskap 2006 | Saldert budsjett 2007 | Forslag 2008 | Pst. endr. 07/08 |
2410 | Statens lånekasse for utdanning | 26 065 096 | 28 492 510 | 29 754 909 | 4,4 |
Sum kategori 07.80 | 26 065 096 | 28 492 510 | 29 754 909 | 4,4 |
Inntekter under programkategori 07.80 fordelte på kapittel
(i 1 000 kr) | |||||
---|---|---|---|---|---|
Kap. | Nemning | Rekneskap 2006 | Saldert budsjett 2007 | Forslag 2008 | Pst. endr. 07/08 |
5310 | Statens lånekasse for utdanning | 12 597 490 | 14 052 098 | 15 449 200 | 9,9 |
5617 | Renter frå Statens lånekasse for utdanning | 3 260 528 | 4 243 000 | 6 113 000 | 44,1 |
Sum kategori 07.80 | 15 858 018 | 18 295 098 | 21 562 200 | 17,9 |
Kap. 2410 Statens lånekasse for utdanning
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2006 | Saldert budsjett 2007 | Forslag 2008 |
01 | Driftsutgifter , kan nyttast under post 45 | 265 736 | 274 118 | 281 693 |
45 | Større utstyrsinnkjøp og vedlikehald , kan overførast | 31 621 | 31 621 | 101 512 |
50 | Avsetning til utdanningsstipend , overslagsløyving | 4 379 980 | 4 529 561 | 4 326 200 |
70 | Utdanningsstipend , overslagsløyving | 2 579 369 | 2 818 292 | 2 776 800 |
71 | Andre stipend , overslagsløyving | 420 314 | 461 066 | 453 325 |
72 | Rentestønad , overslagsløyving | 929 385 | 1 317 000 | 1 754 050 |
73 | Avskrivingar , overslagsløyving | 317 361 | 270 780 | 176 100 |
74 | Tap på utlån | 432 022 | 504 100 | 447 300 |
75 | Særskilde tilretteleggingstiltak for utdanning i utlandet | 5 663 | 5 972 | 6 229 |
90 | Lån til Statens lånekasse for utdanning , overslagsløyving | 16 703 645 | 18 280 000 | 19 431 700 |
Sum kap. 2410 | 26 065 096 | 28 492 510 | 29 754 909 |
Formålet med utdanningsstøtteordningane er mellom anna å medverke til at alle skal ha like høve til utdanning uavhengig av geografiske forhold, alder, kjønn, funksjonsevne og økonomiske og sosiale forhold. Dette formålet er retningsgivande når departementet utviklar utdanningsstøtteordningane. Utdanningsstøtta skal vere tilstrekkeleg til at alle står fritt i val av utdanning. Vidare skal utdanningsstøtteordningane medverke til å sikre samfunnet tilgang på nødvendig og kompetent arbeidskraft. Statens lånekasse for utdanning (Lånekassen) administrerer stipend- og låneordningane som er heimla i lov 3. juni 2005 nr. 37 om utdanningsstøtte.
Rapport for undervisningsåret 2006–07
Ein stor del av ungdom og vaksne i Noreg tek utdanning. Støtteordningane gjennom Lånekassen er ein viktig føresetnad for å gjere dette mogleg. Lånekassen har om lag 780 000 kundar. Av desse er om lag 506 200 i tilbakebetalingsfasen. I undervisningsåret 2006–07 var det om lag 415 700 elevar og studentar med støtterett i Lånekassen. Av desse fekk 271 273 støtte frå Lånekassen. Dette er 5 399 færre enn i undervisningsåret 2005–06.
Den samla tildelinga av utdanningsstøtte var i undervisningsåret 2006–07 på 17 212 mill. kroner. Av dette vart 3 060 mill. kroner utbetalte som stipend, sjå tabell 4.18 for fordeling på dei ulike stipendformene. 14 152 mill. kroner vart i undervisningsåret 2006–07 utbetalte som lån.
Tabell 4.16 Hovudtal for dei fire siste undervisningsåra
2003–04 | 2004–05 | 2005–06 | 2006–07 | |
---|---|---|---|---|
Tal på elevar/studentar i utdanning med rett til å søkje støtte | 404 000 | 413 000 | 420 300 | 415 700 |
Tal på støttemottakarar | 262 885 | 274 438 | 276 672 | 271 273 |
Tal på stipendsøkjarar | 285 564 | 298 455 | 300 726 | 296 000 |
Tal på stipendmottakarar | 254 893 | 171 089 | 145 386 | 143 457 |
Tal på lånesøkjarar1 | 180 232 | 189 324 | 191 470 | 187 659 |
Tal på lånemottakarar | 195 248 | 203 978 | 201 643 | 195 336 |
Totalt utbetalt stipend og lån (i mill. kroner) | 16 122 | 16 798 | 16 895 | 17 212 |
Sum stipend (i mill. kroner) | 6 376 | 3 224 | 3 133 | 3 060 |
Gjennomsnittsstipend (i kroner) | 25 015 | 18 841 | 21 549 | 21 333 |
Sum lån (i mill. kroner) | 9 746 | 13 574 | 13 762 | 14 152 |
Gjennomsnittslån ( i kroner) | 49 916 | 66 547 | 67 912 | 72 084 |
1 Talet på låntakarar er høgre enn talet på lånesøkjarar hovudsakleg grunna at dei som er omfatta av støtteordninga for høgre utdanning m.m. og som berre søkjer utdanningsstipend, får støtta utbetalt som lån. Desse blir registrerte som låntakarar, men ikke som lånesøkjarar i systema til Lånekassen.
Frå undervisningsåret 2004–05 blir heile basisstøtta for dei som er omfatta av støtteordninga for høgre utdanning m.m., utbetalt som lån. Inntil 40 pst. av støttebeløpet kan bli konvertert til stipend når utdanninga det er gitt støtte til, er gjennomført. Det er mogleg å få konvertert lån til stipend inntil åtte år etter at lånet vart gitt. Lånekassen har fullmakt til å dekkje utgiftene knytte til konverteringa ved å trekkje midlar frå eit fond (Konverteringsfondet). I dei årlege statsbudsjetta blir det løyvd midlar til dekning av framtidig konvertering frå lån til stipend gjennom ei avsetning til Konverteringsfondet. Det årlege nivået på løyvinga er basert på eit estimat over kor stor del av årleg utbetalte lån som ein antek blir omgjord til stipend i løpet av dei neste åtte åra. Ordninga med konverteringsstipend er hovudforklaringa på at talet på stipendmottakarar, stipendutbetalingar og gjennomsnittsstipend er lågare, medan låneutbetalingane er høgre enn før ordninga vart innført, sjå tabell 4.16. Delar av låna vil bli gjorde om til stipend på eit seinare tidspunkt, når utdanninga er gjennomført.
Utgiftene til stipend som oppstår ved konvertering av lån, blir ikkje førde i Lånekassens rekneskap, men blir fakturerte og belasta Konverteringsfondet månadleg. Utgiftene til stipend slik dei kjem fram på kap. 2410 post 70 i Lånekassens rekneskap, inkluderer derfor ikkje lån som er konverterte til stipend under konverteringsordninga. Skal ein få ei total oversikt over dei samla stipendutgiftene, må lån som er gjorde om til stipend leggjast til stipendutgiftene som kjem fram i Lånekassens rekneskap. Ved å sjå kap. 5310 post 93 og kap. 2410 post 70 i samanheng, ser ein dette.
For 2006 vart om lag 3,0 mrd. kroner, betalte ut som stipend. Om lag 3,9 mrd. kroner vart konverterte frå lån til stipend under konverteringsordninga, sjå omtale under kap. 5310 post 93. Dei samla utgiftene knytte til stipend i 2006 vart dermed om lag 6,9 mrd. kroner. Avsetning til framtidig konvertering av lån til stipend for utdanning gjennomført i 2008 blir budsjettert på kap. 2410 post 50. For 2008 anslår ein at det vil bli betalt ut om lag 3,2 mrd. kroner i stipend, og at det vil bli konvertert lån til stipend tilsvarande om lag 4,2 mrd. kroner. Dei samla utgiftene til stipend er med dette anslått til om lag 7,4 mrd. kroner i 2008.
Tabell 4.17 Hovudtal for tilbakebetaling dei fem siste åra
2002 | 2003 | 2004 | 2005 | 2006 | |
---|---|---|---|---|---|
Tal på tilbakebetalande låntakarar | 464 951 | 466 745 | 476 130 | 492 077 | 506 241 |
Renteberande lån (i mill. kroner) | 51 193 | 53 400 | 56 222 | 60 066 | 64 036 |
Renter (i mill. kroner) | 3 298 | 3 200 | 2 704 | 2 337 | 2 337 |
Avdrag (i mill. kroner) | 4 124 | 4 100 | 4 125 | 4 413 | 5 021 |
Ettergitt/avskrive (i mill. kroner) | 444 | 439 | 455 | 402 | 299 |
Rentestønad (i mill. kroner) | 1 494 | 1 589 | 882 | 774 | 929 |
Uteståande lån (i mill. kroner) | 69 427 | 73 578 | 79 579 | 84 826 | 89 227 |
Uteståande renter (i mill. kroner) | 3 187 | 3 193 | 2 699 | 2 408 | 2 269 |
Tabell 4.18 Fordeling av ulike stipendformer dei to siste undervisningsåra
Tal på stipend | Stipend i mill. kroner | |||
---|---|---|---|---|
2005–06 | 2006–07 | 2005–06 | 2006–07 | |
Grunnstipend | 60 842 | 60 485 | 794 | 805 |
Bustipend | 34 859 | 34 434 | 1 116 | 1 104 |
Læremiddelstipend | 62 702 | 62 397 | 208 | 207 |
Flyktningstipend | 1 209 | 1 182 | 51 | 55 |
Stipend til skolepengar/gebyrstipend | 10 449 | 9 797 | 295 | 243 |
Tilleggsstipend | 421 | 624 | 13 | 17 |
Språkstipend | 872 | 676 | 13 | 10 |
Reisestipend, innland og Norden | 36 491 | 41 224 | 53 | 53 |
Reisestipend utanfor Norden | 17 878 | 17 020 | 110 | 105 |
Reisestipend i Noreg til utanlandsstudentar | 4 019 | 4 665 | 4 | 4 |
Reisestipend, kvoteordninga | 769 | 816 | 5 | 5 |
Omgjering av lån til stipend ved sjukdom | 938 | 809 | 19 | 17 |
Fødselsstipend | 3 681 | 4 110 | 190 | 221 |
Forsørgjarstipend | 17 145 | 13 857 | 262 | 212 |
Totalt | 252 275 | 252 096 | 3 133 | 3 058 |
Budsjettforslag for 2008
Endringar i støttebudsjettet for Lånekassen har som regel effekt på fleire budsjettpostar under kap. 2410, kap. 5310 og kap. 5617. Støttebudsjettet blir derfor omtalt samla nedanfor. Administrasjonsbudsjettet i Lånekassen og moderniseringa av verksemda er behandla samla under kap. 2410 post 01 og kap. 2410 post 45.
Forslag til endringar i forskriftene til utdanningsstøtteloven som skal gjelde frå 1. januar 2008 (forskrift om forrenting og tilbakebetaling av utdanningslån og tap av rettigheter) og frå undervisningsåret 2008–09 (forskrift om tildeling av utdanningsstøtte), blir sende på alminneleg høring medio oktober 2007. Forslaget til forskrift er i tråd med budsjettforslaget.
Regjeringa foreslår at alle satsar i utdanningsstøtteordningane blir prisjusterte med 2,5 pst. frå undervisningsåret 2008–09, tilsvarande den forventa auken i konsumprisindeksen. Foreslåtte løyvingsendringar ut over dette skyldast som hovudregel endra tal på støttemottakarar og/eller endra renteføresetnader.
For at tilbakebetalingsfasen skal bli meir føreseieleg for kundane, innfører Regjeringa frå 1. januar 2008 moglegheit til å inngå avtale om ti års fastrente i Lånekassen.
Departementet fremmer forslag om endring i regelverket for behovsprøving av rentefritak på utdanningslån, og ettergiving som blir gitt på grunn av uførleik. Omlegginga inneber at betalingslettene skal behovsprøvast mot brutto årsinntekt (person- og kapitalinntekt på skattelikninga) til låntakaren, mot dagens ordning med behovsprøving mot brutto månadsinntekt.
Tiltaket vil innebere ei forenkling av dokumentasjonskrava overfor låntakarane, styrkt kontroll, omfordeling mot personar med langvarig låg inntekt og administrativ forenkling for Lånekassen.
Endringane blir innretta slik at dei vil vere kostnadsnøytrale. Endringane inneber likevel ei faseforskyving som medfører eit eingongs mindrebehov i 2008 på 132 mill. kroner, fordelte med om lag 88 mill. kroner på kap. 2410 post 72 og om lag 44 mill. kroner på kap. 2410 post 73. Ut over dette er det inga endring i høve til løyvinga som ville vore foreslått med dagens regelverk.
Det blir vist til omtale av Regjeringas satsing på gratis læremiddel for elevar i videregåande opplæring under programkategori 07.20. Fylkeskommunen har ansvar for at elevane får nødvendige trykte og digitale læremiddel. I tillegg får elevane eit ikkje-behovsprøvd stipend gjennom Lånekassen som skal vere med å dekkje utgifter elevane har til andre læremiddel og nødvendig individuelt utstyr. Den tidlegare ordninga med behovsprøvd stipend til læremiddel blir innført for det trinnet som blir omfatta av ordninga med gratis læremiddel. Den gradvise innføringa av ordninga held fram, og omfattar for undervisningsåret 2008–09 elevar i vidaregåande trinn 3 (Vg3). Målt mot gjeldande løyving i 2007 aukar utstyrsstipendet samla i 2008 med 40 mill. kroner medan det gamle læremiddelstipendet blir utfasa med 61 mill. kroner. Netto mindrebehov målt i høve til 2007 er 21 mill. kroner.
Budsjettforslaget for postane 50–90 gjeld for budsjettåret 2008, men Lånekassen må gi tilsegn om utdanningsstøtte for heile undervisningsåret 2008–09. Det er såleis ein føresetnad at Stortinget ved behandlinga av budsjettet for 2008 tek stilling til heile undervisningsåret 2008–09, og at Lånekassen kan gi tilsegn om slik støtte, jf. forslag til vedtak III nr. 2.
Kap. 2410 post 71 er auka med om lag 24,6 mill. kroner mot ein tilsvarande reduksjon av kap. 228 post 70 på grunn av at tilskott til delvis dekning av skolepengar er flytta til dette budsjettkapitlet.
Med unntak av endringane som er nemnde ovanfor blir det foreslått å vidareføre utdanningsstøtteordningane frå undervisningsåret 2007–08 i undervisningsåret 2008–09.
Post 01 Driftsutgifter, kan nyttast under post 45 og Post 45 Større utstyrsinnkjøp og vedlikehald, kan overførast
Løyvinga på post 01 omfattar midlar til drift av Lånekassen. Løyvinga på post 45 omfattar midlar til større utstyrsinnkjøp og vedlikehald, mellom anna kostnader i samband med fornyingsarbeidet i Lånekassen.
Rapport for 2006–07
Lånekassen har i 2006 halde fram med det langsiktige arbeidet med å fornye tenestetilbodet for kundane gjennom auka utbygging av elektroniske løysingar og sjølvbeteningsløysingar. Til dømes kan dei fleste kundegrupper søkje om lån elektronisk, ein kan søkje om betalingsutsetjing elektronisk, og ein kan motta årsoppgåve elektronisk. Talet på kundar som nyttar elektroniske tenester, auka i 2006 i høve til 2005, sjå omtale nedanfor. Betre elektroniske løysingar gjennom nettstaden «lanekassen.no» og sjølvbeteningsportalen «Dine sider» medverkar til å redusere talet på manuelle saker i Lånekassen. I 2006 vart det registrert nær 4 mill. besøk på nettstaden til Lånekassen. Dette er ein auke på om lag 32 pst. i høve til 2005. Tilsvarande hadde sjølvbeteningsportalen «Dine sider» ein auke på om lag 29 pst. frå 2005 til 2006.
Lånekassen har i hovudsak oppfylt resultatkrava som vart stilte til verksemda for 2006. Den gjennomsnittlege saksbehandlingstida for både tildelings- og tilbakebetalingssaker var kortare i 2006 enn i 2005. Gjennomsnittleg behandlingstid for søknader om tildeling av utdanningsstøtte var åtte dagar i 2006, mot ni dagar i 2005. For søknader om betalingsutsetjing og rentefritak var den gjennomsnittlege behandlingstida ni dagar i 2006, mot tolv dagar i 2005.
49 pst. av kundane søkte om støtte via nettsøknad i 2006, mot 47 pst. i 2005. Dette er ein lågare del enn målsetjinga. Dette skyldast at målet var basert på ei forventning om at det skulle innførast nettsøknad også for elevar i vidaregåande opplæring frå hausten 2006. Etter ei nærmare vurdering av kostnader, nytteverdi og risiko knytte til tilpassingar i Lånekassens IKT-system er det ikkje innført nettsøknad for elevar i vidaregåande opplæring frå hausten 2006. Nettsøknad for elevar i vidaregåande opplæring er i staden planlagt etablert i samband med moderniseringa av IKT-systema i Lånekassen. For tilbakebetalingssaker auka den delen som nyttar nettsøknad, frå 30 pst. i 2005 til 42 pst. i 2006. Talet på kundar som nyttar e-faktura, var ved utgangen av 2006 på 137 000. Dette er ein auke på 91 pst. samanlikna med 2005.
Det blir vist til omtale av arbeidet med IKT-fornyinga i Lånekassen i St.prp. nr. 1 (2006–2007) for Kunnskapsdepartementet og St.prp. nr. 69 (2006–2007). Lånekassen har i 2006 utarbeidd eit nytt styringsdokument og forslag til kostnadsramme for IKT-fornyinga i Lånekassen, sjå omtale under budsjettforslag for 2008.
Lånekassen har i 2006 halde fram med utviklingstiltak som er uavhengige av IKT-fornyinga. I 2006 er det arbeidd med å etablere nye tekniske løysingar for å skanne, lagre, fordele og gjere tilgjengelege alle inngåande dokument i elektronisk form. Løysingane er sette i drift i 2007 og vil føre til lågare ressursbruk knytt til arkivering og flytting av kundemapper, noko som vil medverke til større fleksibilitet i arbeidsflyt og arbeidsdeling.
I Innst. S. nr. 152 (2003–2004) og St.meld. nr. 12 (2003–2004) Om modernisering av Statens lånekasse for utdanning vedtok Stortinget å realisere Høgkvalitetsalternativet gjennom moderniseringsstrategien Kjernelånekassen. Moderniseringsstrategien Kjernelånekassen går ut på at Lånekassen skal konsentrere seg om søknadsbehandling, regelverksforvaltning og økonomiforvaltning, og vurdere utkontraktering av andre oppgåver. For å realisere Kjernelånekassen har Lånekassen i 2006 gjennomført fleire tiltak for å utkontraktere oppgåver som fell utanfor kjerneverksemda i Lånekassen, og som andre aktørar kan utføre med same kvalitet til lågare kostnader. Lånekassen gjennomførte i 2006 eit forprosjekt for å vurdere utkontraktering av print og konvoluttering til Skattedirektoratet. Ei samla vurdering av risiko og kost/nytte i forprosjektet viste at det vil vere meir fordelaktig for Lånekassen å la Skattedirektoratet handtere print og konvoluttering. Overføring av desse oppgåvene til Skattedirektoratet skjer trinnvis frå våren 2007. Frå 1. januar 2006 vart alle innkrevjingsoppgåver knytte til oppsagde lån i Lånekassen overførte til Statens innkrevingssentral (SI), som utfører innkrevjing etter fullmakt frå Lånekassen. Vidare vart ansvaret for drift og vedlikehald av lønnssystemet til Lånekassen utkontraktert til Senter for statleg økonomistyring (SSØ) med verknad frå mars 2006.
Mål for 2008
Lånekassen skal forvalte utdanningsstøtteordningane på ein effektiv, påliteleg og kvalitetsmessig god måte. Samstundes skal Lånekassen tilby kundane fleksible, effektive og sikre løysingar. Lånekassen skal gjennomføre moderniseringsarbeidet innanfor dei mål, tids- og kostnadsrammene som er fastsette i grunnlagsdokumenta for prosjektet.
Budsjettforslag for 2008
Det blir vist til omtale av modernisering av Lånekassen i St.prp. nr. 1 (2006–2007) for Kunnskapsdepartementet og i St.prp. nr. 69 (2006–2007). Moderniseringa av Lånekassen omfattar organisasjonsutvikling og prioritering av kjerneoppgåver, tilpassing av arbeidsprosessar, vidareutvikling av regelverket og fornying av IKT-systema. For dei delane av moderniseringa som ikkje gjeld fornying av IKT-systema, er mykje av moderniseringsarbeidet allereie gjennomført, sjå omtale under rapport for 2006–07.
Lånekassen har i 2006 og 2007 utarbeidd nytt styringsdokument og kostnadsramme for fornying av IKT-systema i Lånekassen etter at det førre prosjektet vart stogga våren 2006. Prosjektet vart stogga fordi det ikkje var mogleg å implementere ei ny IKT-løysing innanfor dei tids- og kostnadsrammane som vart lagde til grunn for løyvinga frå Stortinget i 2006, jf. Budsjett-innst. S. nr. 12 (2005–2006) og St.prp. nr. 1 (2005–2006) for Utdannings- og forskingsdepartementet. I arbeidet med nytt styringsdokument og kostnadsramme har det vorte fokusert på å redusere risikoen knytt til både gjennomføring og kostnadskontroll i høve til prosjektet som vart avslutta i 2006. Både departementet og Lånekassen har engasjert eksterne kvalitetssikrarar i arbeidet med nytt styringsdokument og ny kostnadsramme.
Styringsdokumentet er basert på det målbiletet som vart skissert i St.meld. nr. 12 (2003–2004). Målet med fornyinga er å redusere risikoen i dagens IKT-system i Lånekassen, samt å betre servicen overfor kundane gjennom mellom anna kortare saksbehandlingstid, fleire interaktive tenester og betre tilgjenge på telefon og e-post. Røynslene frå arbeidet med IKT-fornyinga som vart avslutta i 2006, har allikevel vist at det er naudsynt å gjere enkelte endringar i høve til nokre av føresetnadene som vart lagde til grunn i St.meld. nr. 12 (2003–2004). Dette gjeld gjennomføringsperiode, bruk av standardsystem og kostnader.
I det reviderte styringsdokumentet blir det lagt til grunn at IKT-fornyinga vil vere gjennomført ved utgangen av 2011. Forlenginga av gjennomføringsperioden skyldast at det no blir lagt opp til ein gjennomføringsstrategi med trinnvis innfasing av nye system og migrering frå eksisterande til ny løysing i fleire fasar. Dette inneber at ein i periodar vil drifte delar av eksisterande og nye IKT-system parallelt. Strategien er valt for å minimere den samla risikoen knytt til stabil drift av eksisterande system, og overgangen frå eksisterande til ny IKT-løysing. Samstundes legg strategien til rette for god kostnadskontroll i gjennomføringsfasen.
I St.meld. nr. 12 (2003–2004) vart det lagt til grunn at IKT-fornyinga skulle baserast på standardsystem. Gjennom arbeidet med prosjektet som vart avslutta i 2006, vart det klart at det ved bruk av standard systemkomponentar ikkje er mogleg å etablere ei ny IKT-løysing som dekkjer dei krava Lånekassen har til funksjonalitet. Det blir derfor lagt opp til at standardsystem skal nyttast i den grad det er kostnadseffektivt i eit livssyklusperspektiv. For funksjonar som ikkje kan løysast kostnadseffektivt med standardsystem, blir det utvikla spesialsystem for Lånekassen.
Samla kostnadsramme for prosjektet, i tråd med føringane nemnde ovanfor og med 85 pst. sikkerheit mot overskridingar, er fastsett til 745 mill. kroner. Styringsramma for prosjektet, med 50 pst. sikkerheit mot overskridingar, er fastsett til 627,6 mill. kroner. Differansen mellom kostnadsramma og styringsramma utgjer usikkerheitsavsetninga for prosjektet. Usikkerheitsavsetninga skal disponerast av departementet. Kostnadsauken i høve til den førre kostnadsramma for prosjektet er mellom anna knytt til auka estimat for leveransar, høgre timeprisar, lengre gjennomføringstid og behov for betre systemintegrasjon. Vidare er interne ressursar i Lånekassen, i hovudsak lønn til tilsatte som arbeider med prosjektet, inkluderte i kostnadsramma. Desse ressursane vart ikke inkluderte i den førre kostnadsramma som vart lagd fram.
Kostnadsramma og dei sentrale styringsdokumenta som omtaler prosjektet, er kvalitetssikra i tråd med krav og metodar som gjeld ved ekstern kvalitetssikring av store investeringsprosjekt i staten (KS2).
Det er lagt til grunn at IKT-fornyinga skal finansierast dels med gevinstrealisering og omdisponeringar innanfor budsjettet til Lånekassen og dels med tilleggsløyvingar over statsbudsjettet. Behovet for tilleggsløyving over statsbudsjettet er anslått til 429,1 mill. kroner i prosjektperioden. Resterande 315,9 mill. kroner blir dekte innanfor den eksisterande budsjettramma til Lånekassen.
For 2008 foreslår Regjeringa ei startløyving til prosjektet med 69,1 mill. kroner over kap. 2410 post 45. Eigenfinansiering til Lånekassen utgjer 62 mill. kroner i 2008. Samla finansiering utgjer med dette 131,1 mill. kroner i 2008. Sjå forslag til vedtak III nr. 5.
Det blir foreslått å vidareføre løyvinga på post 01 på same nivå som i 2007. Ein legg som tidlegare opp til at nokre av midlane på posten skal disponerast av departementet, og mellom anna nyttast til arbeid i samband med oppfølging av moderniseringsprosjektet for Lånekassen. Løyvinga på posten kan overskridast mot tilsvarande meirinntekter på kap. 5310 post 03, jf. forslag til vedtak II nr 1.
Post 50 Avsetning til utdanningsstipend, overslagsløyving
Heile basisstøtta til elevar og studentar blir utbetalt som lån, og inntil 40 pst. av basisstøtta kan bli konvertert frå lån til stipend når utdanninga er gjennomført, jf. forslag til vedtak III nr. 3. Ordninga gjeld ikkje for unge elevar i vanleg vidaregåande opplæring. Løyvinga på post 50 skal dekkje avsetning til framtidige utgifter ved å konvertere lån til stipend ved gjennomført utdanning.
Post 70 Utdanningsstipend, overslagsløyving
Løyvinga på posten skal dekkje utdanningsstipend i støtteordninga for unge elevar som tek vanleg vidaregåande opplæring med rett etter opplæringslova § 3-1, samt forsørgjarstipend, fødselsstipend, sjukestipend og flyktningstipend.
Post 71 Andre stipend, overslagsløyving
Løyvinga på posten gjeld tilskott til reiser (reisestipend), skolepengar i land utanfor Norden (skolepengestøtte og tilleggsstipend), førebuande språkkurs i utlandet og skolepengar til elevar ved utenlandske eller internasjonale skolar.
Post 72 Rentestønad, overslagsløyving
Løyvinga på posten dekkjer kostnaden av at studielåna er rentefrie i studietida, og av at regelverket gir høve til rentefritak på særskilde vilkår i samband med tilbakebetalinga. Rentestønaden er eit uttrykk for kor mykje staten subsidierer lånedelen av støtteordningane med.
Det blir foreslått å vidareføre rentemarginen på eitt prosentpoeng.
Post 73 Avskrivingar, overslagsløyving
Løyvinga på posten dekkjer utgifter i samband med ulike ordningar med avskriving av utdanningslån i Lånekassen, jf. kap. 5310 post 91. Til dømes kan ein få avskrive delar av utdanningslånet etter den såkalla Finnmarksordninga.
Post 74 Tap på utlån
Løyvinga på posten dekkjer avskriving av grovt eller vedvarande misleghaldne utdanningslån. Låna blir avskrive rekneskapsmessig som tap i Lånekassen når dei blir overførte permanent til Statens innkrevingssentral.
Post 75 Særskilde tilretteleggingstiltak for utdanning i utlandet
Løyvinga blir nytta til informasjonstiltak retta mot norske studentar i utlandet, mellom anna tilskott til informasjonsarbeidet til Association of Norwegian Students Abroad (ANSA). Løyvinga skal òg dekkje utgifter knytte til tilrettelegging for studium i utlandet.
Post 90 Lån til Statens lånekasse for utdanning, overslagsløyving
Løyvinga på posten dekkjer det totale behovet som Lånekassen har for innlån frå staten til alle låneordningar. Det blir foreslått at ordninga med ekstra lån til studentar som tek eit sommarsemester, blir ført vidare i 2008, jf. forslag til vedtak III nr. 4.
Kap. 5310 Statens lånekasse for utdanning
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2006 | Saldert budsjett 2007 | Forslag 2008 |
03 | Diverse inntekter | 545 | 98 | |
04 | Refusjon av ODA-godkjende utgifter | 18 000 | 18 000 | 18 000 |
16 | Refusjon av fødselspengar/adopsjonspengar | 2 292 | ||
18 | Refusjon av sjukepengar | 3 736 | ||
72 | Gebyr | 130 263 | 124 000 | 123 000 |
90 | Avdrag og renter | 7 931 277 | 8 879 000 | 10 549 700 |
91 | Tap og avskrivingar | 591 249 | 567 000 | 504 600 |
93 | Omgjering av studielån til stipend | 3 920 128 | 4 464 000 | 4 253 900 |
Sum kap. 5310 | 12 597 490 | 14 052 098 | 15 449 200 |
Post 03 gjeld i hovudsak refusjon av kostnader som Lånekassen har ved oppdrag for andre verksemder.
Visse innanlandske kostnader kan etter statistikkdirektivet i OECD bli definerte som offentleg utviklingshjelp. Post 04 gjeld ettergiving av studielån for kvotestudentar frå utviklingsland som flyttar til heimlandet og buset seg der varig. Det er Utanriksdepartementet som betaler refusjonen til Lånekassen over kap. 167 Flyktningtiltak i Noreg, godkjend som utviklingshjelp (ODA).
Post 72 gjeld gebyr i Lånekassen. Ein foreslår at alle gebyra blir førte vidare med dei same satsane som i 2007. Kundar som vel e-faktura, blir ikkje belasta gebyr ved førstegongsvarsel. Dei som vel papirfaktura, blir belasta eit førstegongsvarsel på kr 35. Gebyr ved andregongsvarsel på kr 280 og tredjegongsvarsel (varsel om oppseiing) på kr 490 vil vere dei same for kundar som bruker e-faktura, som for kundar som vel papirfaktura.
Løyvinga på post 90 gjeld innbetalte avdrag og renter frå kundane til Lånekassen.
Løyvinga på post 91 gjeld tap og avskriving i Lånekassen, jf. kap. 2410 post 73 og 74.
Post 93 omfattar innbetaling frå eit fond (Konverteringsfondet) til Lånekassen basert på konvertering av lån til stipend, jf. kap. 2410 post 50.
Kap. 5617 Renter frå Statens lånekasse for utdanning
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2006 | Saldert budsjett 2007 | Forslag 2008 |
80 | Renter | 3 260 528 | 4 243 000 | 6 113 000 |
Sum kap. 5617 | 3 260 528 | 4 243 000 | 6 113 000 |
Løyvinga på posten gjeld renter frå Lånekassen til staten.