St.prp. nr. 1 (2007-2008)

FOR BUDSJETTÅRET 2008 — Utgiftskapittel: 200–288 og 2410 Inntektskapittel: 3200–3288, 5310 og 5617

Til innhaldsliste

Del 3
Forsking og utvikling i statsbudsjettet

5 Forsking og utvikling i statsbudsjettet

Innleiing

Regjeringa ønskjer å styrkje Noreg som kunnskapsnasjon. Dette krev ein sterk og langsiktig forskingsinnsats. Regjeringa ønskjer at norsk forsking skal gi ny kunnskap, føre til framtidig verdiskaping og medverke til å løyse viktige utfordringar i samfunnet.

Eit overslag viser at dei samla løyvingane til forsking og utvikling (FoU) i forslaget til statsbudsjett for 2008 er om lag 17,8 mrd. kroner, jf. tabell 5.1. I tillegg foreslår Regjeringa å auke kapitalen i Fondet for forsking og nyskaping med 6 mrd. kroner til 66 mrd. kroner. Dette er forventa å gi ei auka avkastning på om lag 300 mill. kroner i 2009.

Utvikling i offentleg og privat forskingsinnsats

Da St.meld. nr. 20 (2004–2005) Vilje til forskning vart handsama i juni 2005, fatta Stortinget eit oppmodingsvedtak om at «det må foretas evalueringer i de årlige budsjetter av den samlede forskningsinnsatsen og utviklingen av det offentlige og næringslivets andel», jf. Innst. S. nr. 232 (2004–2005).

Detaljert statistikk over norsk FoU-innsats blir utarbeidd annakvart år av Statistisk sentralbyrå (SSB) og NIFU STEP. FoU-statistikken opererer med fire finansieringskjelder: næringslivet, det offentlege, utlandet og andre kjelder. I Noreg vart det i 2005 brukt 29,6 mrd. kroner på forsking og utviklingsarbeid. Det er ein auke på 2,3 mrd. kroner frå 2003.

Figur 5.1 Samla FoU-årsverk per 1 000 sysselsette i
 utvalde land 2005

Figur 5.1 Samla FoU-årsverk per 1 000 sysselsette i utvalde land 2005

Kjelde: OECD – Main Science and Technology Indicators 2007–1.

Dei samla FoU-utgiftene i Noreg utgjorde 1,53 pst. av BNP i 2005. Målt som del av BNP har FoU-innsatsen i Noreg gått ned i høve til 2003, da delen var 1,71 pst. Til samanlikning brukte Danmark i 2005 2,5 pst. av BNP til FoU, Finland 3,5 pst. og Sverige 3,9 pst. Gjennomsnittet for EU-25 er 1,77 pst. Ei viktig årsak til den relative nedgangen i Noreg er at auken i BNP har vore langt sterkare enn i andre land. Medan norsk BNP auka reelt med gjennomsnittleg 7 pst. i perioden 2003–2006, var realauken i heile OECD-området på 2,8 pst. Norden (eksklusiv Noreg) hadde ein gjennomsnittleg auke i same periode på ca. 2,2 pst. Den sterke auken i Noregs BNP kjem mellom anna som følgje av høge oljeprisar, noko som gir auka innskott i Statens pensjonsfond – Utland. Den sterke BNP-auken og dei store innskotta i fondet gjer at det ofte blir teikna eit uriktig bilete av ein låg forskingsinnsats. Talet på forskarårsverk kan gi eit meir nyansert bilete av innsatsen i Noreg. I 2005 hadde Noreg 12,7 forskarårsverk per 1000 sysselsette, noko som er ein åttandeplass i OECD, men lågast i Norden. Sjå figur 5.1.

Figur 5.2 Offentlege FoU-utgifter per innbyggjar i utvalde land 2005

Figur 5.2 Offentlege FoU-utgifter per innbyggjar i utvalde land 2005

Kjelde: OECD – Main Science and Technology Indicators 2007–1.

Offentleg finansiering

Samanlikningar av den offentlege finansieringa viser òg at den norske forskingsinnsatsen er på et høgt internasjonalt nivå:

  • I 2005 finansierte offentlege kjelder forsking for 12,9 mrd. kroner. FoU-utgiftene utgjorde 0,67 pst. av BNP i 2005. Den offentleg finansierte forskingsinnsatsen i Noreg som prosent av BNP ligg omtrent på OECD-gjennomsnittet og over gjennomsnittet for EU-25. Noreg er på nivå med land som Danmark, Nederland, Canada, Sveits og Korea, men ligg eit stykke bak Sverige, Finland og USA, som alle har ein offentleg forskingsinnsats på over 0,8 pst. av BNP.

  • Dersom ein ser på offentleg finansiert forsking per innbyggjar ligg Noreg på ein tredjeplass i OECD-området. Sjå figur 5.2.

NIFU STEP utarbeider kvart år ein analyse av statsbudsjettet. Analysen viser at om lag 120 kapittel i ulik grad blir nytta til å finansiere forsking. NIFU STEPs analyse av statsbudsjettet gir ein indikasjon på utviklinga i den offentlege FoU-innsatsen etter 2005. Statsbudsjettanalysen inkluderer mellom anna kontingent til EUs rammeprogram for forsking og utvikling, norsk kontingent til internasjonale grunnforskingsorganisasjonar og FoU knytta til bistand, som i FoU-statistikken kjem inn under «andre kjelder» og «utlandet». Løyvingane til FoU over statsbudsjettet ligg vanlegvis 8-10 pst. høgre enn offentlege kjelder i FoU-statistikken, og tala kan derfor ikkje samanliknast direkte. I 2006 vart det løyvd 15,7 mrd. kroner til FoU over statsbudsjettet. Det inneber at den offentlege finansieringa av FoU utgjorde om lag 0,73 pst. av BNP i 2006. I 2007 vart det løyvd 16,6 mrd. kroner til FoU over statsbudsjettet. Basert på førebelse tal for BNP i 2007 utgjer det om lag 0,74 pst. av BNP.

I tillegg til direkte FoU-løyvingar kjem tapte skatteinntekter gjennom Skattefunn. Ordninga vart oppretta i 2002 for å stimulere til auka FoU i næringslivet. Ordninga gir næringslivet skattefrådrag for utgifter til FoU, og har vorte eit viktig supplement til løyvingane til næringsretta forsking over statsbudsjettet. I 2006 har Noregs forskingsråd godkjent om lag 4 100 prosjekt som har rett til skattefrådrag dersom dei blir gjennomførde i samsvar med søknadene. Finansdepartementet reknar skatteutgifta (tapte skatteinntekter) av prosjekt som vart gjennomførde i 2006 til om lag 1 050 mill. kroner. Skatteutgifta som påløp i 2005 var på om lag 1,2 mrd. kroner. Skatteutgiften knytta til Skattefunn-ordninga er ikkje ein utgiftspost i statsbudsjettet, og ordninga blir derfor ikkje fanga opp av statsbudsjettanalysen. Dersom ein legg dei tapte skatteinntektene saman med den offentlege finansieringa over statsbudsjettet, gir dette ein samla offentleg finansiering av FoU på om lag 16,9 mrd. kroner i 2006. Det utgjer 0,79 pst. av BNP. Eit overslag frå Finansdepartementet viser at skatteutgifta for prosjekt som blir gjennomførte i 2007, blir på om lag 900 mill. kroner. Statistisk sentralbyrå evaluerer effekten av ordninga for åra 2002–06. Evalueringa vil vere ferdig ved årsskiftet 2007/2008. Skattefunn er nærmare omtalt i St.prp. nr. 1 (2007–2008) Skatte-, avgifts- og tollvedtak og i St.prp. nr. 1 (2007–2008) for Nærings- og handelsdepartementet

Regjeringa har som mål å styrkje den offentlege FoU-innsatsen i åra framover. Kunnskapsdepartementets overslag viser at dei samla løyvingane til forsking og utvikling (FoU) i forslaget til statsbudsjett for 2008 er om lag 17,8 mrd. kroner, jf. tabell 5.1 Det er ein nominell auke på om lag 1,2 mrd. kroner i høve til 2007. Basert på førebelse tal for BNP i 2008 utgjer den offentlege finansieringa over statsbudsjettet om lag 0,77 pst. av BNP. Så langt under denne regjeringa har dei offentlege FoU-løyvingane auka med om lag 3,5 mrd. kroner. I tillegg foreslår Regjeringa å auke kapitalen i Fondet for forsking og nyskaping med 6 mrd. kroner til 66 mrd. kroner i 2008. Dette er forventa å gi ei auka avkastning på om lag 300 mill. kroner i 2009. Fondet for forsking og nyskaping er ei viktig kjelde til offentleg forskingsfinansiering. Under denne Regjeringa har fondskapitalen vakse med totalt 30 mrd. kroner. Sjå figur 5.3.

Figur 5.3 Kapital i Fondet for forsking og nyskaping

Figur 5.3 Kapital i Fondet for forsking og nyskaping

Finansiering frå næringslivet

I 2005 finansierte næringslivet forsking for 13,2 mrd. kroner. Dette utgjorde 0,68 pst. av BNP. Eit overslag syner at næringslivet finansierte FoU for om lag 14 mrd. kroner i 2006. Det gir ein BNP-del på 0,65 pst.

Samla investerer norsk næringsliv mindre i FoU enn mange andre land. Ein viktig grunn til det er at Noreg har eit næringsliv dominert av verksemder innanfor næringar som normalt ikkje investerer mykje i FoU. Ein studie utført av OECD for perioden 1999–2002 syner at korrigert for næringslivsstruktur forskar norske verksemder fjerde mest i OECD-området, berre forbigått av Sverige, USA og Danmark, jf. figur 5.4.

Figur 5.4 Forskingsintensitet i høve til næringsstruktur
 i OECD-land (1999–2002)

Figur 5.4 Forskingsintensitet i høve til næringsstruktur i OECD-land (1999–2002)

Kjelde: OECD Economic survey of Norway 2007

I ein økonomisk landstudie av Noreg har OECD analysert Noregs komparative innovasjonsinnsts. I analysen seier OECD at det offentlege har lagt godt til rette for at næringslivet skal investere meir i FoU. Samanlikna med andre land er verkemidla, og balansen mellom dei, gode. Regjeringa meiner at landet vil vere tent med at dei samla investeringane i FoU aukar, og vil framleis prioritere tiltak som kan utløyse meir FoU i næringslivet. Regjeringa vil gå i dialog med relevante næringslivsaktørar for å få konkrete forslag til korleis det offentlege best kan medverke til å utløyse ein større forskingsinnsats i næringslivet.

Hovudprioriteringar i statsbudsjettet 2008

I tråd med St.meld. nr. 20 (2004–2005) Vilje til forskning foreslår Regjeringa å styrkje løyvingane til internasjonalisering, grunnforsking, tematiske satsingar og forskingsbasert innovasjon og nyskaping.

Internasjonalisering

Berre ein liten del av kunnskapsproduksjonen i verda skjer i Noreg, og skal Noreg ta del i den globale kunnskapsutviklinga, må norske forskarar samarbeide internasjonalt. Auka internasjonalt forskingssamarbeid skal stimulere til auka vitskapleg kvalitet, og er viktig for utviklinga av eit konkurransedyktig næringsliv i Noreg. Sidan juni 2007 er Noreg offisiell deltakar i EUs sjuande rammeprogram for forsking, teknologisk utvikling og demonstrasjonsaktivitetar, som går frå 2007 til 2013. Rammeprogrammet er det mest omfattande internasjonale samarbeidet norske forskarar, forskingsmiljø og næringsliv deltek i. Programmet er sjølve flaggskipet i EUs arbeid for å nå måla i Lisboa-strategien om ein kunnskapsbasert økonomi og eit kunnskapsbasert samfunn i Europa. Rammeprogrammet skal fremme og investere i forsking i verdsklasse og medverke til å gjere EU til det leiande forskingsområdet i verda. Totalbudsjettet for rammeprogrammet er på 50,5 mrd. euro. Den norske kontingenten vil utgjere om lag 9,3 mrd. kroner for heile programperioden. Regjeringa foreslår å løyve 342 mill. kroner til auka kontingent til EUs sjuande rammeprogram i 2008. Sjå nærmare omtale under kap. 288 post 73.

Noreg er med i EUs nye rammeprogram for konkurranseevne og innovasjon – Competitiveness and Innovation Framework Programme (CIP). For heile perioden fram til 2013, vil Noregs kontingent vere 625 mill. kroner. Deltakinga gir norske styresmakter høve til å styrkje samarbeidet med andre europeiske land om å fremme innovasjonsevna i næringslivet.

Gjennom EØS-midlane medverkar Noreg til å utjamne sosiale og økonomiske skilnader i dei nye EU-landa, mellom anna ved å støtte forskingssamarbeid mellom Noreg og mottakarlanda. Polen er det landet som mottek mest av EØS-midlane. Om lag 120 mill. kroner av midlane blir nytta til å styrkje det polsk-norske samarbeidet innan forsking, ved at det er etablert eit nytt forskingsfond innanfor områda helse og miljø. Fondet vil støtte felles polsk-norske forskingsprosjekt og seminar som vil styrkje samarbeidet mellom dei to landa.

Forsking og overvaking i nordområda er viktig for Noreg både politisk, fagleg og forvaltningsmessig. Det internasjonale polaråret (IPY) 2007–08 er ei stor internasjonal satsing innanfor polarforskning der mange nasjonar er aktive, og store ressursar blir sette inn. Regjeringa går inn for å løyve til saman over 320 mill. kroner til IPY over ein fireårsperiode. Regjeringa vil styrkje forsking og utvikling i nordområda gjennom satsinga Barents 2020. Regjeringa foreslår å auke løyvinga til dette med 12,6 mill. kroner til 32,6 mill. kroner. Sjå omtale i St.prp. nr. 1 (2007–2008) for Utanriksdepartementet .

Regjeringa ønsker vidare å styrkje arbeidet med kartlegging av havbotnen gjennom MAREANO-programmet (Marin arealdatabase for norske hav- og kystområde). Regjeringa foreslår å styrkje programmet med 9 mill. kroner i høve til saldert budsjett 2007.

Grunnforsking

Regjeringas mål om å styrkje forskingsinnsatsen krev at ein får fram tilstrekkeleg mange gode forskarar. I alt vart det gjennomført 905 doktordisputasar ved norske institusjonar i 2006. Det er fleire enn nokon gong tidlegare. I dei siste 15 åra har talet på avlagde doktorgradar i Noreg fordobla seg, men auken er likevel svakare enn han har vore i nabolanda våre. For å auke rekrutteringa foreslår Regjeringa å løyve om lag 112 mill. kroner til 350 nye stipendiatstillingar frå hausten 2008. Regjeringa tek sikta på å leggje fram ei stortingsmelding i 2008, der behova for fornya satsning i forskarutdanninga blir drøfta.

Sjølv om auken i avlagde doktorgradar har vore stor, er det eit problem med forsinka gjennomføring og fråfall i doktorgradsutdanninga. Det er bakgrunnen for at departementet i 2008 vil etablere ei ordning med nasjonale forskarskolar. Formålet med ordninga er å betre kvaliteten på og gjennomføringa av forskarutdanninga i Noreg. Totalt budsjett for ordninga i 2008 blir på 10 mill. kroner.

Oppdatert vitskapleg utstyr og annan infrastruktur er ein føresetnad for å auke kvaliteten i forskinga, og for å fremme norsk forsking som attraktiv i internasjonal samanheng. For å betre infrastrukturen foreslår Regjeringa ei eingongsinvestering på 78 mill. kroner i statsbudsjettet for 2008 til utstyr og annan infrastruktur i universitets- og høgskolesektoren.

Regjeringa foreslår å løyve 15 mill. kroner i 2008 til andre fase av renoveringa av Plantevernbygget i Ås. Renoveringa av bygget, der Bioforsk sin avdeling for plantehelse og plantevern held til, betyr mellom anna at det nasjonale plantevernbiblioteket med litteratur og samlingar igjen kan gjerast tilgjengeleg. Samstundes legg det til rette for meir effektiv drift gjennom samling av aktivitet som tidlegare har vore spreidd. Sjå St.prp. nr. 1 (2007–2008) for Fornyings- og administrasjonsdepartementet for nærmare omtale.

Tematiske satsingar

Hav om mat er blant fire tematiske satsningsområde i forskingspolitikken som blir trekte fram i St.meld nr. 20 (2004–2005) Vilje til forskning. 1. januar 2008 blir NOFIMA AS etablert som eit næringsretta forskingskonsern ved samanslåing av Akvaforsk AS, Fiskeriforskning AS, Matforsk AS og Norconserv AS. Det nye konsernet med om lag 400 tilsette vil ha hovudkontor i Tromsø og ha forskingsutførande dotterselskap på Ås, i Bergen og i Tromsø. Visjonen for NOFIMA er å auke konkurransekrafta for den land- og havbaserte næringsmiddelindustrien og fiskeri- og havbruksnæringa, gjennom forsking i verdsklasse og verdiaukande tenesteleveransar.

Regjeringa varsla i nordområdestrategien at behovet for isgåande forskingsfartøy skulle greiast ut nærmare. Ei arbeidsgruppe har greidd ut faglege behov samt ulike alternativ for eigarskap, driftsforhold m.m. Regjeringa foreslår i 2008 å løyve 5 mill. kroner over budsjettet til Fiskeri- og kystdepartementet til å dekkje kostnader knytta til prosjektering av eit fartøy.

Marine biprodukt og hittil uutnytta marine ­ressursar er viktige råstoff for bioteknologisk næringsverksemd. Regjeringa foreslår å styrkje arbeidet med marin bioprospektering med 5 mill. kroner over budsjettet til Fiskeri- og kystdepartementet.

Nasjonalt institutt for ernærings- og sjømatforsking (NIFES) overvaker framandstoff i fisk frå dei nordlege havområda og frå oppdrettsnæringa. Regjeringa foreslår å styrkje løyvinga til overvaking og analyse av framandstoff med 3 mill. kroner over budsjettet til Fiskeri- og kystdepartementet.

Langvarig nedbeiting av stortare langs norskekysten og effektar av eit stadig aukande aktivitetspress i kystsona gjer at det er behov for å styrkje den heilskaplege kunnskapen om kystsone og fjordøkologi. Regjeringa foreslår at det innanfor tilskottet til Noregs forskingsråd blir sett av midlar til auka forskingsaktivitet knytt til fjordøkologi i Porsangerfjorden og Hardangerfjorden, med ei samla ramme på 15 mill. kroner over fire år. Havforskingsinstituttet vil vere ein sentral institusjon i dette arbeidet.

Helse blir trekt fram som eit tematisk satsningsområde i St.meld. nr 20 (2004–2005) Vilje til forskning. I mange sektorar i Noreg er behovet for arbeidskraft stort, samtidig som ei stor del av den potensielle arbeidsstyrken er på trygd. På denne bakgrunnen starta Regjeringa i 2007 ei ny forskingssatsing i Noregs forskingsråd om årsaker til sjukefråvær og utstøyting. Måla med satsinga er å få eit meir heilskapleg kunnskapsgrunnlag om årsakene til sjukefråvær og utstøyting frå arbeidslivet, og sikre kunnskap om effektive verkemiddel for å førebyggje sjukefråvær og uførleik. Satsinga skal medverke til å nå Regjeringas mål om eit inkluderande arbeidsliv, og medverke til at undervisninga på relevante utdanningar blir meir forskingsbasert. I 2008 ønskjer Regjeringa å styrkje programmet i Forskingsrådet med 20 mill. kroner, jf. kap. 601, post 50 i St.prp. nr. 1 (2006–2007) for Arbeids- og inkluderingsdepartementet. Programmet blir òg finansiert gjennom avkastninga frå Fondet for forsking og nyskaping, og får ei samla ramme på 30 mill. kroner i 2008.

Regjeringa foreslår å styrkje medisinsk, helse- og sosialfageleg forsking monaleg i 2008. Satsinga gjeld mellom anna styrkt stamcelleforsking, rusforsking, forsking på kvinnehelse, innovasjon i helsesektoren og Helseundersøkinga i Nord-Trøndelag (Hunt3). Vidare foreslår Regjeringa å styrke omsorgsforskinga med 15 mill. kroner, m.a. gjennom etablering av regionale FoU-sentra. Sjå St.prp. nr. 1 (2007–2008) for Helse- og omsorgsdepartementet for nærmare omtale.

Regjeringa ønskjer å styrkje klimaforsking i utviklingssamanheng. Sjå St.prp. nr. 1 (2007–2008) for Utanriksdepartementet for nærmare omtale.

Vidare ønskjer Regjeringa å styrkje forskinga om årsaker og samanhengar i kriminalpolitikken med 3 mill. kroner. Midlane skal mellom anna gå til forsking i kriminalomsorgen og forsking på bruk av DNA-teknologi i etterforsking. Sjå St.prp. nr. 1 (2007–2008) for Justisdepartementet for nærmare omtale.

Forskingsbasert innovasjon og nyskaping

Regjeringa foreslår å auke løyvinga til maritim forsking og innovasjon med 60 mill. kroner, med særleg vekt på miljøområdet. Innanfor denne satsinga foreslår Regjeringa å styrkje løyvinga til Maroff-programmet i Noregs forskingsråd med 35 mill. kroner. Av dette vil 5 mill. kroner gå til innovasjonsområdet krevjande miljøvennlege maritime operasjonar i nordområda og 5 mill. kroner til innovasjonsområdet miljø. Av løyvinga til Maroff foreslår Regjeringa vidare at 25 mill. kroner skal nyttast til oppgradering av maritim forskingsinfrastruktur. Dette skal medverke til å realisere Maroffs nye innovasjonsområde. Under Innovasjon Noreg skal det setjast av 25 mill. kroner til miljøprosjekt i dei maritime næringane og utvikling av nærskipsflåten. Midlane vil kunne nyttast både til tilskott og til å sikre at den nye innovasjonslåneordninga i Innovasjon Noreg vil kunne bli teken i bruk for nærskipsfarten og maritime miljøprosjekt. Sjå St.prp. nr. 1 (2007–2008) for Nærings- og handelsdepartementet for nærmare omtale.

Over Nærings- og handelsdepartementet sitt budsjett foreslår Regjeringa å auke løyvingene til Gassmaks-programmet for forsking på industriell bruk av naturgass med 14 mill. kroner og løyvingene til programmet Brukarstyrt innovasjonsarena (BIA) med 10 mill. kroner. Det er ei utfordring å sikre forskarrekruttering til næringslivet. Nærings- og handelsdepartementet foreslår derfor at det innanfor BIA blir sett av midlar til forskarrekrutteringsstipend knytta til næringsorienterte doktorgradar innanfor teknologiske fag. Regjeringa foreslår å auke løyvingane til forskings- og utviklingskontraktar i Innovasjon Noreg med 5 mill. kroner i 2008.

Overslag over FoU-løyvingane i statsbudsjettet

På bakgrunn av NIFU STEPs statsbudsjettanalyse frå 2007 har Kunnskapsdepartementet gjort eit overslag over samla løyvingar til forsking og utvikling i statsbudsjettet for 2008. Eit slikt overslag viser at dei samla FoU-løyvingane i forslaget til statsbudsjett for 2008 er om lag 17,8 mrd. kroner, jf. tabell 5.1.

Tabell 5.1 Overslag over løyvingane til FoU over statsbudsjettet (i mill. kroner)

Departement

Saldert budsjett 20071

Forslag 2008

Endring 2007–08 (i pst.)

Utanriksdepartementet

535

591

9

Kunnskapsdepartementet

8 517

9 297

8

Kultur- og kyrkjedepartementet

104

114

9

Justis- og politidepartementet

28

31

11

Kommunal- og regionaldepartementet

166

177

6

Arbeids- og inkluderingsdepartementet

175

194

10

Helse- og omsorgsdepartementet

1 656

1 783

7

Barne- og likestillingsdepartementet

72

86

172

Nærings- og handelsdepartementet

1 505

1 597

6

Fiskeri- og kystdepartementet

705

743

5

Landbruks- og matdepartementet

520

527

1

Samferdsledepartementet

234

244

4

Miljøverndepartementet

451

478

6

Fornyings- og administrasjonsdepartementet3

215

183

-174

Finansdepartementet

85

90

5

Forsvarsdepartementet

885

885

0

Olje- og energidepartementet

503

502

0

Statsbankane

267

273

2

Totalt

16 6225

17 795

7

1  Kjelde: Statsbudsjettanalysen 2007, NIFU STEP

2 Tala er ikkje heilt samanliknbare. Auken er noko mindre enn det som går fram.

3  Sentralt innbetalte innskott i Statens pensjonskasse er ikkje medrekna. Dette utgjorde 24 mill. kroner i 2007.

4 Det blir rekna FoU-delar av løyvingar til bygg som blir nytta til forskningsformål. Nedgangen skriv seg frå reduserte byggjeløyvingar i universitets- og høgskolesektoren.

5 Tala for 2007 er oppjusterte med omlag 350 mill.kroner i høve til St.prp. nr. 1 (2006–2007) somfølgje av endra utrekning av midlar til helseforsking.

Budsjettproposisjonane til dei ulike departementa inneheld meir detaljert omtale av dei ulike forskingssatsingane.

Oversikt over løyvingane til Noregs forskingsråd

Noregs forskingsråd får løyvingar frå alle departementa, med unnatak av Forsvarsdepartementet. Løyvingane frå departementa omfattar både generelle faglege løyvingar, instituttløyvingar og særskilde midlar som er øyremerkte til einskilde program eller prosjekt. I tillegg kjem ein stor del av avkastninga frå Fondet for forsking og nyskaping. I 2007 blir om lag 5,3 mrd. kroner kanaliserte gjennom Forskningsrådet. Tabellen nedanfor viser ei oversikt over løyvingsforslag for dei største bidragsytarane i 2008-budsjettet.

Tabell 5.2 Løyvingar til Noregs forskingsråd frå dei største bidragsytarane (i 1 000 kroner)

Kap./post

Departement

Saldert budsjett 2007

Forslag 2008

285/52 og 55

Kunnskapsdepartementet

1 310 534

1 315 338

920/50

Nærings- og handelsdepartementet

1 081 000

1 154 000

1830/50

Olje- og energidepartementet

438 500

438 500

1023/50

Fiskeri- og kystdepartementet

270 100

281 700

1137/50

Landbruks- og matdepartementet

151 266

157 536

1410/51 og 53

Miljøverndepartementet

130 318

136 518

701/50

Helse- og omsorgsdepartementet

174 215

208 306

1301/50

Samferdsledepartementet

146 300

152 600

286/50

Fondet for forsking og nyskaping

939 560

939 560

Sum

4 641 793

4 784 058

Omtale av nytt finansieringssystem for instituttsektoren

Regjeringa legg opp til å innføre eit nytt, resultatbasert finansieringssystem for instituttsektoren frå 2009. Hovudprinsippa for det nye systemet blir presenterte nedanfor.

Bakgrunn

Instituttsektoren utgjer ein sentral del av det norske forskings- og innovasjonssystemet. Institutta har som hovudforemål å tilby anvend forsking til næringslivet, forvaltninga og samfunnet. Tal frå 2005 viser at sektoren samla sett utfører forsking for 6,7 mrd. kroner. Det tilsvarer 23 pst. av all forskingsinnsats i Noreg.

I St.meld. nr. 20 (2004–2005) Vilje til forskning var det ein gjennomgang av instituttsektoren i norsk forsking. Meldinga stadfesta at institutta utgjer eit fortrinn for norsk forsking, men at dette fortrinnet kan utnyttast betre ved:

  • å gi institutta betre høve til langsiktig kompetanseoppbygging

  • å styrkje den internasjonale konkurransekrafta deira

  • å betre samarbeidet og samspelet mellom institutt og universitet og høgskolar

  • å styrkje og gjere tydelegare Forskingsrådets strategiske ansvar for instituttsektoren.

Meldinga gjekk òg inn for å endre systemet for statleg basisfinansiering av institutta. Det er i dag 61 institutt som får statleg basisløyving. Desse midlane utgjer i gjennomsnitt 14 pst. av dei samla inntektene til institutta. Men det er store skilnader mellom einskilde institutt, både når det gjeld nivå, innretning og føringar på løyvingane. Meldinga peika vidare på at desse skilnadene er for tilfeldige, og bad Noregs forskingsråd om å utarbeide eit forslag til eit nytt finansieringssystem, der tildeling av grunnløyvinga skjer etter resultat og blir rekna ut etter indikatorar for kvalitet og relevans.

Stortinget gav brei tilslutning til dei måla og tiltaka som vart lagde fram i forskingsmeldinga. Forskingsrådet la fram sitt forslag til nytt finansieringssystem for instituttsektoren 10. oktober 2006.

Hovudprinsipp for eit nytt, resultatbasert grunnfinansieringssystem

Regjeringa har vurdert forslaget frå Forskingsrådet, og vil gå inn for at desse hovudprinsippa blir lagde til grunn for det nye systemet:

  • Hovudformålet for forskingsinstituttsektoren er å vere ein god leverandør av anvend forsking til næringsliv, forvaltning og heile samfunnet.

  • Hovudformålet med den statlege basisløyvinga skal framleis vere å sikre dette ved å gi institutta rom for langsiktig kunnskaps- og kompetanseoppbygging.

  • Formålet med det nye finansieringssystemet skal vere å fordele delar av grunnløyvingane etter oppnådde resultat, på ein måte som premierer både kvalitet og relevans.

  • Omfordeling mellom institutta skal ikkje vere eit mål i seg sjølv, men eit middel for å skape reelle incentiv i den nye ordninga.

Det nye finansieringssystemet skal vere ein rein grunnfinansieringsmodell: Forvaltningsoppgåver og kunnskapsbehov i departementa skal ikkje finansierast gjennom den nye grunnfinansieringa i departementa. Det same gjeld strategiske instituttsatsingar. I staden kan inntil 40 prosent av dagens basisløyvingar haldast utanom den nye ordninga. Desse midlane skal kunne disponerast av sektordepartementa for å ta vare på langsiktig kompetanseheving og kunnskapsoppbygging ved institutta på område av spesiell interesse for sektoren. Det er ein føresetnad at basisløyvingar som blir haldne utanom den nye grunnfinansieringsordninga skal nyttast til langsiktig kompetanseutvikling ved institutta.

Systemet skal i prinsippet kunne omfatte dei fleste sentrale forskingsinstitutta i Noreg, medrekna institusjonar som ikkje får basisløyving i dag. Institutt med forvaltningsnære oppgåver og mindre høve til marknadsfinansiering skal i utgangspunktet ikkje inngå i ordninga. Sektordepartement som likevel ønskjer å innlemme slike institutt i ordninga, skal greie ut dette nærmare i samråd med instituttet og Forskingsrådet.

Det skal fastsetjast eigne kriterium for kva institutt som kan inngå i den nye ordninga.

Ordninga skal ikkje vere basert på rettar, men skal baserast på ei samla vurdering av kva for institutt som kan vere med. Denne vurderinga skal mellom anna leggje vekt på at instituttet driv forsking på område som er relevante for norsk næringsliv og forvaltning, og at instituttet har ei vitskapleg verksemd som mellom anna kjem til uttrykk gjennom publisering og samarbeid med universitet og høgskolar. Det må bli sett av nye midlar til ordninga dersom nye institutt skal innlemmast. Forskingsrådet skal forvalte ordninga, men det formelle og endelege ansvaret for å utforme og fastsetje retningslinjer for ordninga skal framleis liggje hos Kunnskapsdepartementet i samråd med andre berørte departement.

Hovudelement i det nye grunnfinansieringssystemet

Det nye systemet skal fordele grunnfinansieringa etter følgjande resultatindikatorar:

  • vitskaplege publiseringar

  • inntekter frå Noregs forskingsråd

  • internasjonale inntekter

  • doktorgradsstipendiatar finansierte av institutta, eventuelt kombinert med bistillingar.

For at institutta ikkje berre skal rette innsatsen mot desse områda, skal skår på indikatorane også vektast mot oppdragsinntekter som del av samla inntekter. På den måten vil det lønne seg for institutta å skåre på resultatindikatorane, samstundes som dei held oppe eller aukar oppdragsverksemda.

Mange institutt får ein stor del av inntekta si frå kjelder utanom den tradisjonelle oppdragsmarknaden. Derfor vil det vere naturleg at også midlar frå Forskingsrådet inngår i utrekninga av oppdragsdelen. Av den grunn må forskingsrådsmidlar som eigen resultatindikator reduserast, for at incentiva til å få slike midlar ikkje skal bli for sterke. Finjustering og vekting av indikatorane skal vurderast nærmare i tida fram mot innføring av ordninga.

Det nye systemet skal ta omsyn til at institutta er ei heterogen gruppe. Institutta bør derfor delast på ulike arenaer der institutt med relativt like føresetnader konkurrerer om den same potten. Regjeringa legg opp til å dele dei ulike institutta på fire arenaer, og med følgjande finansieringsansvar:

  • teknisk-industrielle institutt (Nærings- og handelsdepartementet)

  • samfunnsvitskaplege og regionale institutt (Kunnskapsdepartementet)

  • miljøinstitutt (Miljøverndepartementet)

  • primærnæringsinstitutt (Landbruks- og matdepartementet og Fiskeri- og kystdepartementet).

Finansiering

Dagens basisløyvingar skal danne hovudgrunnlaget for det nye, resultatbaserte grunnfinansieringssystemet. Den endelege ramma for ordninga vil likevel bli justert ved at inntil 40 pst. av dagens basisløyvingar kan haldast utanom systemet, jf. ovanfor. Grensa på 40 pst. gjeld for kvar arena. Samstundes skal midlar til mellom anna forvaltningsoppgåver og nasjonale oppgåver trekkjast ut, medan andre midlar som i realiteten fungerer som basisløyving skal inngå i fordelingsramma. Regjeringa kjem attende til den endelege utforminga av ordninga i statsbudsjettet for 2009.

For å unngå for raske og radikale omfordelingseffektar foreslår Regjeringa at berre ein mindre del av den samla fordelingsramma blir fordelt etter resultat det første året. Resten blir rekna ut frå tildelingane frå tidlegare år. Delen til resultatbasert omfordeling blir løpande vurdert på bakgrunn av effekten av ordninga.

Vidare prosess

Regjeringa legg opp til at det nye systemet blir innført frå og med statsbudsjettet for 2009 på bakgrunn av dei overordna prinsippa som er presenterte ovanfor.

I tida fram mot innføring av ordninga skal systemet utformast nærmare av departementa og i samarbeid med Noregs forskingsråd, institutta og andre berørte aktørar.

Den nye ordninga skal evaluerast etter tre år.

Fritak for formuesskatt for forskingsinstitutt

Forskingsinstitutta speler ei sentral rolle i det norske forskingssystemet, og fleire av institutta forvaltar formuesverdiar på vegner av heile kunnskapssamfunnet. Regjeringa vil sikre at alle forskingsinstitutt som får statleg basisløyving ikkje skal betale formuesskatt.

Forskingsinstitutt som mottek basisløyving frå staten etter Retningsliner for statleg finansiering av forskingsinstitutt, er anten direkte statleg eigde eller organiserte som aksjeselskap eller stiftelsar. Forskingsinstitutt som er direkte statleg eigde, er fritekne for formues- og inntektsskatt, jf. at staten ikkje er skattepliktig etter skatteloven § 2-30 første ledd bokstav b. Aksjeselskap er generelt fritekne for formuesskatt etter skatteloven § 2-36 første ledd bokstav a. Selskapets formue blir i staden skattlagd aksjonærane i form av formuesskatt på aksjane. Det gjeld likevel ikkje dersom aksjane er eigde av statleg institusjon, universitet e.l. som er fritekne for skatteplikt. Forskingsinstitutt som er organiserte som stiftelsar har i utgangspunktet plikt til å betale formuesskatt.

For å sikre at alle forskingsinstitutt som mottek basisløyving frå staten får lik behandling når det gjeld skatt på formue, foreslår Regjeringa at det innførast ein regel i skatteloven om at også forskingsinstitutt som er organiserte som stiftelsar, skal få fritak for skatt på formue. Fritaket gjeld for eigedelar som er knytt til forskingsverksemd, og føreset at skattefordelen nyttast i den ikkje-økonomiske verksemda til institutta. Regelen vil etter planen tre i kraft frå 1. januar 2008. Sjå også kap. 22 i Ot.prp. nr. 1 (2007–2008).