1 Tilsetjingsvilkår for leiarar i heileigde statlege føretak
Det skal vere ei samla framstilling av tilsettingsvilkåra til leiarar i heileigde statlege føretak i fagproposisjonane. For Kunnskapsdepartementet handlar oversikta om følgjande selskap:
Arbeidsforskingsinstituttet AS
Administrerande direktør hadde kr 629 439 i lønn for 2006 og del av pensjonspremie på kr 67 961. Ved overgangen til aksjeselskap i 2002 vart dei opparbeidde rettane i Statens pensjonskasse vidareførde. Dei årlege innbetalingane til Statens pensjonskasse skal dekkje forpliktingane til selskapet. Dagleg leiar er tilsett på åremål (4 år), og tilsetjinga kan bli forlengja med ein periode. Pensjonsalder er 67 år.
Birkeland Innovasjon AS
Administrerande direktør mottok i 2006 kr 977 785 i lønn og kr 6 000 i naturalytingar. Pensjonsalder er 67 år, og administrerande direktør har pensjonsordning gjennom Statens pensjonskasse.
NCE Subsea Drift AS
Selskapet vart stifta i august 2006 under namnet EUT Drift, og skifta namn til NCE Subsea Drift i november 2006. Administrerande direktør mottok i 2006 lønn på kr 273 704, og anna godtgjersle på kr 12 005. Selskapet har avtale om obligatorisk tenestepensjon for sine tilsette.
Norsk Samfunnsvitskapleg Datateneste AS
Administrerande direktør mottok i 2006 lønn på kr 713 383. Pensjonsalder er 67 år, og administrerande direktør har pensjonsordning gjennom Statens pensjonskasse.
NTNU Samfunnsforskning AS
Administrerande direktør mottok i 2006 lønn på kr 618 075. Pensjonsalder er 67 år. Selskapet skifta frå ei kollektiv pensjonsordning for sine tilsette gjennom forsikringsselskap til Statens pensjonskasse frå 1. september 2006.
NTNU Technology Transfer Office AS
Administrerande direktør mottok i 2006 lønn på kr 797 875, samt anna godtgjersle på kr 110 904. Selskapet har ei kollektiv pensjonsordning, og pensjonsalderen er 67 år.
Sem Gjestegård AS
Administrerande direktør mottok i 2006 kr 630 385 i lønn og kr 107 276 i anna godtgjersle. Pensjonsalder er 67 år, og administrerande direktør har pensjonsordning gjennom Statens Pensjonskasse.
UNINETT AS
Administrerande direktør mottok i 2006 kr 847 254 i lønn og kr 55 863 i anna godtgjersle. Pensjonsalderen er 67 år med 66 pst. av årslønn inklusive lønn over 12 G. Styret i Uninett AS har inngått avtale med administrerande direktør som tillet avgang ved fylte 60 år.
Unirand AS
Administrerande direktør mottok i 2006 lønn på kr 198 497. Pensjonsalder er 67 år, og administrerande direktør har pensjonsordning gjennom Statens pensjonskasse.
UNIS AS
Selskapet fekk ny administrerande direktør frå 1. juni 2006. Administrerande direktør er tilsett for ein åremålsperiode på 3 år. I 2006 vart det utbetalt lønn på høvevis kr 516 414 og kr 398 175 til dei to administrerande direktørane. Det er pensjonsordning gjennom Statens pensjonskasse, og pensjonsalder er 67 år.
Følgjande selskap har ingen tilsette:
Filonova AS, HIST Kompetanse AS, Rya Gods og Skoger AS og Universitetet i Bergen Eiendom AS.