Del 1
Innleiing
1 Hovudutfordringane og Regjeringas svar
Regjeringa har som mål at Noreg skal vere eit føregangsland i miljøpolitikken, både nasjonalt og internasjonalt. Vern om miljøet er eit grunnleggjande vilkår for ei berekraftig utvikling og krev innsats på brei front. Ressursane på jorda er ikkje endelause. Dei rikaste av verdas befolkning belastar miljøet og ressursane så sterkt at andre ikkje får rom for velstandsvekst utan at tolegrensene blir sprengde. På fleire område er desse grensene allereie overskridne. Dessutan rammar miljøøydeleggingar ofte hardast dei som har minst høve til å tilpasse seg store endringar.
Norsk miljøpolitikk skal vere tufta på prinsippet om berekraftig utvikling, som rommar eit krav om solidaritet med komande generasjonar. Dette inneber vern av livsnødvendige miljøressursar, og ei forsvarlig forvaltning av naturressursane. Miljøpolitikken skal byggje på «føre var-prinsippet», som seier at tvil skal komme naturen til gode, på prinsippet om at forureinar skal betale, og prinsippet om bruk av beste tilgjengelege teknologi.
Miljøomsyn må gripe inn i alt vi gjer, i alle delar av samfunnet. Elles vil både globale og nasjonale miljøressursar halde fram med å forsvinne, til skade for framtidas generasjonar. Omsynet til miljøet skal derfor prege ikkje berre Miljøverndepartementets budsjett, men heile statsbudsjettet. Det er eit viktig prinsipp at alle samfunnssektorar har eit sjølvstendig ansvar for å tufte verksemda si på miljøomsyn.
God miljøpolitikk krev innsats frå staten, kommunane, bedriftene, borgarane og organisasjonane. Regjeringa legg stor vekt på innsatsen til dei frivillige organisasjonane og vil gjere sitt til at miljø blir sett tydelegare på den lokalpolitiske dagsordenen. Regjeringa vil stimulere til at norsk industri skal bli leiande innafor miljøforbetringar og utvikling av miljøvennleg teknologi. Det skal bli enklare for forbrukarane å vere miljøvennlege i kvardagen. Det offentlege skal gå føre som ansvarleg forbrukar og etterspørje miljøvennlege varer og tenester. Skatte- og avgiftssystemet skal oppmuntre til miljøvennleg handling.
Dei største miljøutfordringane i vår tid er globale. Nord- og polarområda er særskilt sårbare og er ein viktig indikator for verdas miljøtilstand. Noreg har derfor ei særleg oppgåve som global miljøforvaltar på Svalbard og i polarområda, og ved å vera ein pådrivar i det internasjonale miljøsamarbeidet og ved å arbeide for forpliktande internasjonale miljøavtaler. Det blir lagt vekt på å byggje eit breitt samarbeid på miljøområdet med store og viktige utviklingsland. Ei eiga skogsatsing skal bidra til reduksjon i klimagassutslepp frå tap og degradering av skog i utviklingsland, og kan i tillegg bidra til å ta vare på naturskog og det naturmangfaldet dette representerer, og til lokal utvikling. Regjeringa følgjer opp handlingsplanen for miljøretta utviklingssamarbeid, og Noreg skal bli leiande på miljøretta bistand. Handelsavtaler vil òg vera eit viktig verkemiddel for å fremje miljøvennleg produksjon og forbruk og lette tilgangen til miljøteknologi. Aktiv påverknad av EUs miljøpolitikk er viktig for utforminga av norsk miljøpolitikk. FNs miljøprogram UNEP må på sikt bli ein særorganisasjon for miljø.
Aukande konsentrasjon av klimagassar i atmosfæren. Rask reduksjon i naturmangfaldet på jorda. Stadig veksande bruk og utslepp av helse- og miljøfarlege kjemikaliar. Dette er dei tre største miljøtruslane verda står overfor i dag. Kampen mot desse truslane må prege alt frå Regjeringas internasjonale arbeid til kvar enkelt borgar sine daglege handlingar.
2 Hovudprioriteringane i Miljøverndepartementets budsjett for 2009
Miljøverndepartementets budsjett for 2009 utgjer ein kraftig offensiv på sentrale miljøområde. Klimapolitikken og bevaring av naturmangfaldet har Regjeringas høgaste prioritet. På Miljøverndepartementets budsjett er det særleg stor auke i løyvingane til bevaring av naturmangfaldet i Noreg. I tråd med sektoransvarsprinsippet går dei største løyvingane til klimarelaterte tiltak over andre departements budsjett. I 2009 er det sett av 1,5 mrd. kroner til skogtiltak i utviklingsland på Utanriksdepartementets budsjett, med ei tilsegnsfullmakt på ytterlegare 1,5 mrd. kroner. Dermed kan det i 2009 bli sett i gang skogtiltak for 3 mrd. kroner, slik Regjeringa har lovt. Det er òg ein monaleg auke til klimatiltak på Miljøverndepartementets budsjett. Budsjettet syner i tillegg ei sterk satsing på mellom anna bevaring av kulturminne, arbeid mot forureining og miljøovervaking.
Miljøverndepartementets budsjett for 2009 er på 4 086,3 mill. kroner. Dette er ein auke på 810,0 mill. kroner, eller 24,7 pst., i høve til det salderte budsjettet for 2008. Av dette går 200 mill. kroner til å auke fondskapitalen i Kulturminnefondet. I tillegg til rammeauken er det omprioritert midlar innafor ramma til nye tiltak på prioriterte område.
Løyvingane til bevaring av naturmangfaldet og til friluftsliv aukar med om lag 345 mill. kroner. Løyvingane til nye tiltak for kulturminnevern går opp med 268 mill. kroner. Av dette går 200 mill. kroner til å auke kapitalen i Kulturminnefondet. Klimaarbeidet er styrkt med nær 129 mill. kroner. Løyvinga til arbeidet mot miljøgifter aukar med 31 mill. kroner. Løyvinga til det lokale miljøvernet aukar med vel 17 mill. kroner.
Om lag 31 mill. kroner av satsingane gjeld miljøovervaking knytt til prioriterte miljøområde. Saman med omprioriteringar til nye tiltak, gjer dette at den samla satsinga på miljøovervaking blir på vel 40 mill. kroner. Den samla satsinga på miljøforsking på departementets budsjett er på vel 34 mill. kroner. 13 mill. kroner gjeld samfunnsvitskapleg forsking om fornybar energi. Basisløyvingane til miljøforskingsinstitutta aukar med nær 15 mill. kroner og løyvinga til infrastrukturtiltak med nær 7 mill. kroner.
Budsjettframlegget utgjer eit krafttak for bevaring av naturmangfaldet i Noreg. Målet om å stanse tapet av naturmangfald innan 2010 er eit krevjande mål. Auken på om lag 340 mill. kroner går til ei lang rekkje tiltak. Regjeringa sikrar at nasjonalparkplanen på eitt område nær blir fullførd i løpet av 2010, med 15 mill. kroner meir til erstatningar og ein auke i tilsegnsfullmakta. Innsatsen for skjøtsel og forvaltning av allereie verna område har hatt eit stort etterslep. Derfor følgjer Regjeringa opp fjorårets budsjettauke med ytterlegare 63 mill. kroner i styrking av 2009-budsjettet. Midlane vil blant anna gå til utarbeiding av forvaltningsplanar, til styrking av Statens naturoppsyn og til eit program for overvaking av verneområda. I tillegg kjem ei satsing på 5 mill. kroner til nasjonalparksenter og andre informasjonssenter knytte til verneområde.
Mange av dei truga norske artane lever i skog. Skogvernet skal derfor styrkjast. I Miljøverndepartementets budsjett aukar løyvingane til skogvern med 57 mill. kroner, inkludert erstatningsutbetalingar knytte til fredinga av Trillemarka-Rollagsfjell. I tillegg blir tilsegnsfullmakta for skogvern auka, slik at nytt skogvern for om lag 107 mill. kroner kan bli vedteke i 2009. I hovudsak vil vernet omfatte statseigd skog.
Villaks og villrein er to truga arter som Noreg har eit særskilt ansvar for. Løyvinga til bevaring av villaks aukar med 21,5 mill. kroner, som hovudsakeleg vil gå til utrydding av parasitten Gyrodactylus salaris. Løyvinga til å sikre villreinen aukar med 6 mill. kroner. I tillegg trappar Miljøverndepartementet opp arbeidet for bevaring av andre truga dyre- og plantearter med over 40 mill. kroner. Mellom anna aukar innsatsen for å utarbeide handlingsplanar med 22 mill. kroner, kartlegginga av truga naturtypar og arter blir styrkt med 15 mill. kroner, og løyvinga aukar til overvakingsprogrammet for stortare og sukkertare.
Bestandsmåla for ulv og bjørn er ikkje nådd. Talet på ynglingar vil derfor måtte vekse, og regjeringa aukar løyvingane til erstatningar, førebyggjande og konfliktdempande tiltak og til skadefellingar med 54 mill. kroner.
Regjeringa vil starte eit artsprosjekt for systematisk kartlegging av artene i norsk natur. Dette vil gjere det mogleg å inngå eit samarbeid med det svenske Artsprosjektet, som starta i 2002. Løyvinga på Miljøverndepartementets budsjett er på 20 mill. kroner. Arbeidet vil skje i nært samarbeid mellom Miljøverndepartementet og Kunnskapsdepartementet.
Naturindeksen vil bli eit viktig verktøy for å måle utviklinga i det norske naturmangfaldet. Eit pilotprosjekt basert på data frå Midt-Noreg vil bli presentert i 2008, og ein første versjon for heile landet vil etter planen ligge føre i 2009. Arbeidet knytt til utvikling av naturindeksen blir styrkt med 15 mill. kroner.
Kartleggingsprogrammet MAREANO skal innhente kunnskap om det biologiske mangfaldet på havbotnen, som grunnlag for ei berekraftig forvaltning. Ei styrking er naudsynt blant anna som ledd i arbeidet med forvaltningsplanen for Barentshavet og Lofoten. Dette er eit samarbeid med Fiskeri- og kystdepartementet, og Nærings- og handelsdepartementet. Auken i Miljøverndepartementets budsjett i 2009 er på 6,3 mill. kroner. Det er òg ein auke på 3 mill. kroner til arbeidet med heilskapeleg forvaltning av norske havområde, mellom anna overvaking av miljøgifter og biologisk mangfald i havområda.
Den nasjonale strategien mot framande skadelege arter, som vart utarbeidd i 2007, blir følgt opp med ein budsjettauke på 10 mill. kroner til blant anna tiltaksplanar og informasjonstiltak. Laksedreparen Gyrodactylus salaris viser at framande problemarter kan føre til store samfunnsøkonomiske tap.
Frå 2009 startar eit prøveprosjekt i utvalde kommunar for styrking av natur- og miljøfaga i grunnskolen. Prosjektet «Den naturlege skulesekken» er eit samarbeid med Kunnskapsdepartementet, og får ei løyving på 5 mill. kroner på Miljøverndepartementets budsjett.
2009 er eit offisielt kulturminneår. Året skal skape auka merksemd og engasjement. Emnet for kulturminneåret skal vere «dagleglivets kulturminne». Det frivillige arbeidet vil stå sentralt i dei mange planlagde lokale arrangementa. I kulturminneåret blir Miljøverndepartementets budsjett auka med 68 mill. kroner til nye tiltak, i tillegg aukar fondskapitalen i Kulturminnefondet. Av styrkinga går 10 mill. kroner til gjennomføring av kulturminneåret, som er eit samarbeid med Kultur- og kyrkjedepartementet.
I kulturminneåret tek Regjeringa eit krafttak for å følgje opp Stortingets behandling av St.meld. nr. 16 (2004-2005) Leve med kulturminner. Stortinget vedtok i 2005 ein opptrappingsplan for auka tilskot til freda kulturminne og kulturmiljø, for å stanse forfallet og oppfylle dei nasjonale måla. Ti konkrete bevaringsprogram er starta opp. I 2009 er Miljøverndepartementets budsjett til opptrappingsplanen auka med 53 mill. kroner til nye tiltak. Auken inneber eit særlig løft for å styrkje bevaringsprogramma for ruiner, tekniske og industrielle kulturminne, verdsarven og fartøy. I tillegg blir løyvingane til verdiskapingsprogrammet styrkt med 5 mill. kroner.
Norsk kulturminnefond får auka fondskapitalen med 200 mill. kroner, til 1,2 mrd. kroner. Dette vil ytterlegare styrkje ressursane til å ivareta mangfaldet i landets kulturminne.
Klimameldinga frå mai 2007 vart følgt opp av eit klimaforlik med partia i opposisjonen, utanom Framstegspartiet, i januar 2008. Oppfølginga av meldinga og forliket skjer gjennom auka innsats på fleire departement sine budsjett, både til tiltak og forsking. Auken på 129 mill. kroner på Miljøverndepartementets budsjett skal mellom anna sikre at Noreg spelar ei leiande rolle i dei internasjonale klimaforhandlingane. Eit godt resultat på partsmøtet i København i desember 2009 er avgjerande for at verdssamfunnet finn ein ny kurs i klimapolitikken.
Budsjettauken skal mellom anna gå til å opprette eit kompetansesenter for is og klima ved Norsk Polarinstitutt i Tromsø, for å styrkje, spisse og utvikle den norske klima-, polar- og isbrefaglege kompetansen. Senteret blir mellom anna eit viktig norsk bidrag til eit samarbeid med verdas «brestatar» for å auke forståinga av bresmeltinga som følgje av klimaendringane. Den nye løyvinga er på 22 mill. kroner.
Klimainnsatsen i polarstroka blir òg styrkt med 13,3 mill. kroner, gjennom auka løyvingar til Zeppelin målestasjon, til styrking av infrastrukturen i Ny-Ålesund og til gjenreising av den norske forskingsstasjonen på Bouvetøya.
Arbeidet for utsleppsreduksjonar i dei 13 største byane skal styrkjast gjennom ein auke på nær 14 mill. kroner i løyvinga til samarbeidsprosjektet «Framtidas byar». Programmet skal redusere klimagassutsleppa i byane, og omfattar òg tilpassing til klimaendringane og betre bymiljø. Kampanjen «Klimaløftet» får auka løyvinga med 8 mill. kroner som ledd i satsinga på informasjon. Samtidig aukar løyvingane med 5 mill. kroner til vår nasjonale tilpassing til dei klimaendringane som allereie er undervegs. Som tidlegare nemnt blir samfunnsvitskapleg forsking om fornybar energi styrkt med 13 mill. kroner.
Oppfølginga av EUs rammedirektiv for vatn vil styrke norsk vassforvaltning vesentleg. Forvaltninga vil i all hovudsak bli styrt etter kjemiske og økologiske mål som blir sette i vassførekomstane. Budsjettauken i 2009 er på 18,0 mill. kroner.
Regjeringa styrkjer innsatsen for avfallsførebygging. Det blir løyvt 3 mill. kroner til eit prøveprosjekt i Miljøverndepartementet, som mellom anna skal syte for informasjon og rådgiving om miljøvennleg produksjon og forbruk.
Arbeidet med å lage eit giftfritt miljø held fram og blir styrkt. Som oppfølging av St.meld. nr. 14 (2006-2007) Sammen for et giftfritt miljø vil Miljøverndepartementet etablere ein nasjonal miljøprøvebank for miljøgifter. Ein slik bank vil gjere det mogleg å granske tidsutvikling i måleverdiar, og å gjere nye analysar av gamle prøver når analysemetodane blir betre. Løyvinga i 2009 er på 5 mill. kroner. Oppfølginga av EUs kjemikaliedirektiv (REACH) blir styrkt med 10,0 mill. kroner. Løyvinga går hovudsakeleg til det Europeiske kjemikaliebyrået ECHA. Eit nytt utval skal vurdere korleis målet om å stanse utsleppa av miljøgifter innan 2020 skal nås, og får ei løyving på 3 mill. kroner. Det vil bli løyvt 2 mill. kroner til bransjeorganisasjonen Avfall Noreg sin farleg avfall-kampanje 2009. Arbeidet med opprydding i forureina grunn og sjøbotn blir ført vidare.
Regelverket om radioaktiv forureining av det ytre miljøet må reviderast. Det er ein auke på 11 mill. kroner i 2009-budsjettet, som skal gå til kunnskapsinnhenting, overvaking og etablering av eit tilsynsapparat.
Regjeringa styrker arbeidet med å fremje utvikling av miljøvennlege teknologiar. Som ledd i ei interdepartemental satsing blir Miljøverndepartementets budsjett styrkt med 3 mill. kroner.
Den nye plandelen i Plan- og bygningslova gir kommunane strengare krav om og auka rom for å bruke arealplanlegginga til å fremje miljøomsyn og ei berekraftig utvikling. Då må blant anna den kommunale og regionale plan- og miljøkompetansen styrkjast. Løyvinga til dette føremålet aukar med 5 mill. kroner. Den kommunale eigeninnsatsen vil vere monaleg.
Miljøverndepartementet følgjer opp intensjonsavtala med Oslo kommune om eit langsiktig samarbeid for å betre miljø og levekår i Groruddalen. Viktige tiltak i 2009 vil vere ein hovudsykkelveg langs Alna, start i arbeidet med å gjenopne Alna på strekningar der ho er lagt i røyr, og ei utviding av Alna miljøpark. Auken i Miljøverndepartementets budsjett er på 12 mill. kroner, og satsinga føreset 50 pst. deltaking frå kommunen.
Regjeringa set handlingsplanen for miljø- og samfunnsansvar i offentlege anskaffingar ut i livet. Frå 2008 gjeld konkrete miljøkrav for statlege innkjøp innan prioriterte produktgrupper. Direktoratet for forvaltning og IKT skal følgje opp handlingsplanen på dei områda som gjeld miljøomsyn, og får auka løyvingane med 4 mill. kroner over MDs budsjett.
Miljøvernforvaltningas budsjett finansierer mange av dei mest sentrale verkemidla og tiltaka i miljøpolitikken. For å sikre administrativ oppfølging av aktivitetsauken som dette budsjettet legg opp til, er det òg lagt inn ei styrking av miljøvernforvaltninga. Miljøpolitikken omfattar òg mange og viktige aktivitetar på andre departement sine budsjett. Dette gjeld ikkje minst på klima- og energifeltet, der Miljøverndepartementet har eit tett samarbeid med andre departement. Skogløyvinga på Utanriksdepartementets budsjett er allereie nemnt. Betydelege løyvingar ligg på Olje- og energidepartementets og på Samferdsledepartementets budsjett. Løyvinga til kvotehandel ligg på Finansdepartementets budsjett. CO2-avgiftene blir presenterte av Finansdepartementet i skatte- og avgiftsproposisjonen. Regjeringa held fram med gjennomgangen av skatte- og avgiftssystemet, med det for auge å stimulere til meir miljøvennleg åtferd. Ei vidare styrking av klimaprofilen i bilavgiftene er ein viktig del av dette. Miljøsatsingar på budsjetta til andre departement er omtalte i kapittel 3.
3 Miljøpolitiske satsingar på andre departement sine område
Regjeringa sine høge ambisjonar på miljøområdet kjem til uttrykk gjennom ei historisk sterk satsing på miljøtiltak i statsbudsjettet for 2009. Dei samla miljøpolitiske løyvingane er berekna å auke frå om lag 24,7 mrd. kroner i 2008 til om lag 30,6 mrd. kroner i 2009. Dei miljøpolitiske prioriteringane visast att på ei rekkje av departementa sine budsjett.
Blant dei tiltaka som blir prioritert i 2009 er:
CO2-handtering (Kårstø, Mongstad, Gassnova transport og lagring)
oljevern og kystberedskap
tiltak mot avskoging i u-land
kollektivtrafikk og jernbaneutbygging
forsking
Dei fleste aktivitetar i samfunnet kan påverke miljøet på ein eller annan måte. Å ta miljøomsyn er derfor ei viktig oppgåve på alle samfunnsområde og eit krav til alle departementa. Miljøomsyn inneber både å førebyggje miljøbelastningar og å rydde opp der ein har skada miljøet. Både den økonomiske politikken generelt og politikken i dei einskilde sektorane må byggje på omsyn til miljøet. Ein heilskapleg miljøpolitikk krev òg at tiltak og verkemiddel på mange område blir samordna og tilpassa til kvarandre. På denne måten handlar miljøvern om korleis vi organiserer og innretter samfunnet vårt, om dei val og prioriteringar vi gjer og om korleis vi bruker fellesskapet sine ressursar.
For å få fram miljøprofilen i regjeringa sitt budsjettforslag utarbeider departementa oversikter over kor stor del av budsjetta som blir nytta til miljøføremål. Miljøtiltak er her definert og avgrensa på følgjande måte:
utgiftene må i sin heilskap nyttast til miljøforbetringar, eller
miljøomsynet må vere avgjerande for at tiltaket/prosjektet blir gjennomført, eller
utgiftene skal motverke negative miljøeffektar av sektorpolitiske tiltak elles (førebyggjande tiltak)
Tabellen på side 22 viser korleis utgifter til miljøtiltak i statsbudsjettet for 2009 er fordelte på departementa. Det går fram av tabelloppstillinga at mange departement bruker store økonomiske midlar til miljøbegrunna tiltak. Sjølv om Miljøverndepartementet har fått ei monaleg budsjettauke i 2009, utgjer departementet sitt budsjett ein avgrensa del av dei samla miljøbegrunna løyvingane, slik desse er definert her.
Ein slik oversikt som her er gitt, vil innehalde ein god del skjøn. Mange tiltak kan begrunnast på fleire måter og skal medverke til å nå ulike mål. Miljøtiltaka er òg svært ulike; her finn ein både førebyggjande tiltak i form av t.d. kystvaktoppgåver, klassiske naturvernoppgåver slik som etablering av verneområde, opprydding av forureina grunn, satsingar som gir størst effekt sammen med andre typer tiltak, slik som jernbaneutbygging og støtte til kollektivtrafikk. Nokre tiltak er langsiktige, slik som forsking, mens andre gir meir umiddelbare verknader. Miljøvern er ein dimensjon ved all samfunnsaktivitet, noko som gjer feltet svært ueinsarta og dermed komplisert å omtale i form av samla budsjettal på ein fullgod måte.
Endra definisjonar eller endringar i arbeidsdelinga mellom departementa kan òg medføre at nokre tal ikkje fullt ut kan jamførast frå eitt år til det neste. Tabellen gir derfor eit grovt bilete av regjeringa si miljøsatsing, og tala må tolkast med varsemd. Nedenfor blir nokre av departementa sine miljøtiltak kort omtalt.
Olje- og energidepartementet vil bruke meir enn 3 mrd. kroner til miljørelaterte tiltak i 2009. Dette er ein svært stor auke i høve til 2008, da denne summen var på vel 1,8 mrd. kroner.
I tråd med klimaforliket blei det i samanheng med Revidert nasjonalbudsjett sett av 70 mill. kroner ekstra til forsking på fornybar energi og karbonfangst og -lagring. I statsbudsjettet for 2009 blir det fremja forslag om ei satsing på totalt 300 mill. kroner til dette, av dette er 185 mill. kroner foreslått over Olje- og energidepartementets budsjett.
Til CO2-handtering (Kårstø, Mongstad, Gassnova, transport og lagring og Gassnovas del av Climit) blir det i 2009 sett av til saman 1,85 mrd. kroner, mot 1,08 mrd. kroner i 2008. Regjeringa føreslår å følgje opp satsinga på demonstrasjon av nye fornybare energiteknologiar offshore gjennom relevante stønadsordningar i Enova og Forskingsrådet. Regjeringa har som ambisjon at sentrale prinsipp for ein norsk-svensk marknad for el-sertifikat skal vere på plass innan 1. oktober 2009. Til miljørelevant forsking går det med 353 mill. kroner i 2009, mot 168 mill. kroner i 2008. Arbeidet med å nå målet om null miljøfarlege utslepp til sjø frå petroleumsverksemda blir ført vidare. Regjeringa legg framleis vekt på å redusere CO2-utsleppa frå norsk sokkel. Grunnfondet for fornybar energi og energieffektivisering vil bli tilført nye 10 mrd. kroner i 2009. Avkastinga frå dette fondet er på 431 mill. kroner i 2008 og er venta å bli meir enn 900 mill. kroner frå 2010.
Samferdsledepartementet legg opp til å nytte 10 052 mill. kroner til miljørelaterte tiltak i 2009, mot 8 293 mill. kroner i 2008. I 2009 vil Regjeringa føre vidare satsinga på jernbane og annan kollektivtransport. Til investeringar, vedlikehald og drift i jernbanenettet vil det bli brukt 7 072 mill. kroner, mot 5 801 mill. kroner i 2008. Desse tiltaka skal betre kapasiteten og regulariteten i trafikkavviklinga og gje rom for å føre over meir gods- og persontransport til jernbane. Dobbeltsporanlegget Stavanger–Sandnes òg nye Lysaker stasjon vil bli sluttført i 2009. Arbeidet med nytt dobbeltspor mellom Lysaker og Sandvika på Drammenbanen blir ført vidare. I 2009 vil òg arbeidet med dobbeltsporanlegget Barkåker–Tønsberg på Vestfoldbanen og Gevingåsen tunnel mellom Trondheim og Stjørdal starte opp. Den viktige Alnabru godsterminal (nord) i Oslo blir oppgradert for å kunne avvikle meir trafikk. Arbeidet med Bybanen frå Bergen sentrum til Nesttun vil gå for fullt i 2009, med sikte på åpning i 2010. Bybanen blir finansiert gjennom bompengar og ordninga med alternativ bruk av riksvegmidlar. Beløningsordninga for å stimulere til auka kollektivtrafikk i dei større byområda blir dobla til 323,4 mill. kroner. Det blir gjort framlegg om å opprette eit prøveprosjekt, Transnova, for å fremje utvikling og bruk av meir miljøvennlege transportmiddel.
På Fiskeri- og kystdepartementet sitt budsjett går vel 982 mill. kroner til ulike miljøtiltak i 2009. Dette er ein vekst på meir enn 200 mill. kroner frå 2008. Storparten av denne auken er knytt til styrka oljevern og slepebåtberedskap langs kysten. Det blir løyvd 88 mill. kroner til m.a. utskifting av oljevernutstyr på dei statlege depota. Vidare skal det leigast inn eit nytt slepefartøy som skal gå inn i den statlige slepebåtberedskapen i Nord-Noreg. Dette fartøyet skal erstatte eit av Kystverket sine fartøy som blir fasa ut i 2009. Til dette føremålet blir det løyvd 74 mill. kroner. I tillegg blir innsatsen mot ulovleg, urapportert og uregistrert fiske styrkt med 10 mill. kroner, og det blir føreslått å løyve 6,3 mill. kroner til styrking av MAREANO (Marin arealdatabase for norske hav- og kystområde) over Fiskeri- og kystdepartementets budsjett. Fiskeri- og kystdepartementet prioriterer arbeidet mot rømt oppdrettsfisk høgt. Fleire etatar samarbeider om tiltak mot slik rømming, som skal haldast på eit absolutt minimum.
På Utanriksdepartementet sitt budsjett er det på usikkert grunnlag berekna at om lag 4,7 mrd. kroner går til miljøtiltak i 2009, mot om lag 3 mrd. kroner i 2008. Den største auken her kjem på bistandsfeltet, som får ein berekna vekst frå 2,8 til 4,3 mrd. kroner. Auken skuldast forslaget om å løyve 1,5 mrd. kroner til Regjeringa si klima- og skogsatsing i utviklingsland. Samtidig blir den breie satsinga på klimatiltak i utviklingssamarbeidet ført vidare. Denne satsinga blir gjennomført langs tre hovudliner; 1) Opptrapping av det bilaterale klimasamarbeidet med land i Afrika. Klimasamarbeidet med Kina, India og Indonesia blir òg styrkt. 2) Auka satsing på klimaforsking, fagleg samarbeid og næringslivet, medrekna tiltak for utvikling av rein energi, Den grøne utviklingsmekanismen og karbonfangst og -lagring. 3) Vidareutvikling og støtte til nye klima- og rein energi-initiativ m.a. gjennom FN-systemet og utviklingsbankane.
Noreg skal vere ein pådrivar i det internasjonale klima- og miljøarbeidet og bli leiande innanfor miljøretta utviklingssamarbeid. Noreg skal vere ein langsiktig og truverdig forvaltar av miljøverdiane i nordområda. Noreg stør arbeidet i miljøpartnarskapen under Den nordlege dimensjon. Noreg vil fortsatt prioritere kontinuerleg overvaking og felles tiltak mot viktige regionale forureiningskjelder særleg i Russland, høgt. Samarbeidet bidrar til å redusere faren for ulukker og forureining og hindre at radioaktivt og spaltbart materiale kjem på avvegar.
I miljøsamarbeidet med Russland vil det i 2009 særleg bli satsa på havmiljøsamarbeid og samarbeid i grenseområda. Atomtryggingsarbeidet vil bli ført vidare. Det vil bli utarbeida ein felles miljøstatusrapport for heile Barentshavet i 2009. Denne vil danne grunnlag for vidare samarbeid om heilskapleg forvaltning. I det bilaterale miljøvernsamarbeidet skal klimaendringar bli eit satsingsområde frå 2009. Vi skal føre vidare samarbeidet om reduksjon av forureining, reinare produksjon, forvalting av biomangfald i Barentsregionen og kulturminnevern.
Innanfor EØS-finansieringsordninga vil om lag ein firedel av midlane bli nytta til miljø- og klimarelaterte prosjekt. Anslag for utbetalingar til ulike miljøprosjekt i 2009 er ca. 170,8 mill. kroner. Mesteparten av dei vedtekne prosjekta vil medverke til å redusere klimagassutslepp, blant anna gjennom energieffektiviseringstiltak og fornybar energi. Energieffektivisering er eit høgt prioritert område i Polen. Her vil fleire hundre offentlege bygningar bli moderniserte og etterisolerte for å redusere energibruken.
Ei rekkje vedtekne prosjekt innanfor EØS-midlane omhandlar bevaring av biologisk mangfald, etablering av reinseanlegg og andre tiltak mot forureinande utslepp. Det er òg vedteke prosjekt som omfattar rehabilitering etter naturkatastrofar og førebyggjande tiltak mot flaum og skogbrannar.
På Forsvarsdepartementet sitt budsjett er det berekna at 914,6 mill. kroner går til miljøtiltak i 2009, mot 950,5 mill. kroner i 2008. Nedgangen frå 2008 til 2009 er i stor grad knytt til at prosjekt for bevaring av biologisk mangfald i skyte- og øvingsfeltet Regionfelt Østlandet blir avslutta i 2008. Kystvakten sine oppgåver i samband med miljø- og ressursovervaking utgjer meir enn halvdelen av dei miljørelaterte utgiftene under Forsvarsdepartementet. Oppryddinga i det snart nedlagde Hjerkinn skytefelt på Dovrefjell blir ført vidare i 2009. Oppryddingsarbeidet starta i 2006 og vil pågå i 15 år. Når arbeidet er fullført vil eit meir enn 160 km2 stort høgfjellsområde bli ført tilbake til tilnærma opphaveleg tilstand. Til energieffektivisering og etablering av varmesentralar med bruk av fornybar energi ved forsvaret sine anlegg blir det løyvd 141 mill. kroner i 2009, som er ein monaleg auke frå inneverande år.
Landbruks- og matdepartementet aukar den budsjettvise miljøinnsatsen frå 4 690 mill. kroner i 2008 til 4 781 mill. kroner i 2009. Den langt største delen av desse løyvingane går over Jordbruksavtala. Det er fortsatt naudsynt med en sterk satsing på jordvern dersom det skal vere mogeleg å nå målet om at den årlege omdisponeringa av dei mest verdfulle jordressursane skal halverast innan 2010. I 2009 vil arbeidet med ein meir samla satsing på resultatkontroll og resultatrapportering frå skogbruket sitt miljøarbeid bli ført vidare, jf. den nye skogbrukslova. Samarbeidet med Miljøverndepartementet om spesielt verdfulle kulturlandskap blir og ført vidare. 20 slike landskap vil vere sikra skjøtsel i løpet av 2009.
Det er oppretta eit eige utviklingsprogram for klimatiltak i jordbruket over jordbruksavtala. Gjennom programmet skal tiltak i jordbruket, som er lagt fram i Klimameldinga, bli videreutvikla og kostnadsvurdert og eventuelle nye tiltak skal bli kartlagde. Ein viktig del av programmet vil vere satsinga på auka produksjon av biogass frå husdyrgjødsel i samarbeid med avfallssektoren. I oppfølginga av Klimameldinga vil departementet auke satsinga på FoU, teknologiutvikling og investeringar i produksjon av syntetisk biodiesel og etanol frå skogsvirke. Landbruks- og matdepartementet skal leggje fram ei eiga stortingsmelding om landbruk og klima våren 2009. Her vil utfordringar og tiltak på landbruksområdet vil bli breitt omtalt.
På Kommunal- og regionaldepartementet sitt budsjett går om lag 92 mill. kroner til ulike miljørelaterte tiltak, i hovudsak til bustad, bustadmiljø og bygg. Husbanken spelar ei sentral rolle i dette arbeidet. Prioriterte satsingsområder er m.a. redusert energibehov, energiomlegging, meir miljøvennleg materialbruk i byggenæringa og avfallshandtering. Husbanken har som mål at talet på bustader med halvert energibehov skal utgjere 50 prosent av all nybygging i 2010. Den nye Plan- og bygningslova som trer i kraft i 2009 er og ei viktig brikke i arbeidet med meir miljø- og klimavennleg energibruk. Grøne energikommunar er eit samarbeidsprosjekt mellom Kommunal- og regionaldepartementet, Miljøverndepartementet, Olje- og energidepartementet og Kommunenes sentralforbund. 22 kommunar er valde ut til prosjektet. Målet med prosjektet er å få kommunane til å satse på energisparetiltak, bioenergi og reduserte klimagassutslepp. Erfaringane med ordninga skal gi inspirasjon og vere ei kjelde til læring for andre kommuner. Programmet skal vare til 2010.
Barne- og likestillingsdepartementet har ansvar for regjeringa si forbrukarpolitikk. På dette feltet blir det løyvd 6 mill. kroner til ulike miljørelaterte føremål. BLD vil arbeide for å skape auka medvit om berekraftig forbruk og medverke til å konkretisere kva dette tyder i praksis. Ein vil føre vidare den økonomiske stønaden til miljømerka Svanen og EU-blomen. Departementet vil og vurdere å gi økonomisk stønad til forbrukarinformasjon om etiske eller miljømessige sider ved varer og tenester.
På Nærings- og handelsdepartementet sitt område går om lag 390 mill. kroner til miljørelaterte tiltak i 2009, mot 350 mill. kroner i 2008. Som del av klimaforliket på Stortinget vil departementet styrke løyvinga til forsking på fornybar energi og energieffektivisering med 33 mill. kroner. Utover dette vil NHD øyremerke 20 mill. kroner til ein satsing på forsking på miljøvennlege teknologiar.
Kjøp av klimagasskvotar
Som ein følgje av Kyotoprotokollen har den norske staten forplikta seg til ei maksimal mengd av klimagasser som kan sleppast ut i perioden 2008-2012. Det er vedtatt at Norge skal overoppfylle Kyoto-avtala for inneverande periode (2008-2012) med 10 pst. Dette tilsvarer 5 millioner tonn CO2-ekvivalentar årleg. I tillegg har Regjeringa vald å overoppfylle med 1,5 mill. tonn CO2 årleg gjennom å ikkje bruke kvoter som stammer frå tilvekst av skog. Ein legg og opp til å overoppfylle målet tilsvarende utsleppa frå gasskraftverket på Mongstad og statstilsette sine internasjonale flyreiser. Denne overoppfyllinga på 6-7 millioner tonn årleg svarer om lag til staten sitt kjøp av klimakvotar. For 2009 blir det føreslått ei løyving på 715 mill. kroner til kjøp av klimakvotar og ein fullmakt til å inngå avtaler om kjøp av utsleppskvotar utover denne løyvinga for inntil 6 300 mill. kroner. Til kjøp av klimakvotar for statstilsette sine internasjonale tenestereiser med fly, blir det føreslått 8,4 mill. kroner og ein fullmakt på inntil 10,5 mill. kroner til å inngå avtaler utover denne løyvinga. Finansdepartementet skal ha ansvaret for sal av klimakvotar.
Tabell 3.1 Miljøtiltak i statsbudsjettet for 2009 (i mill. kroner)
Departement | 20081 | Forslag 2009 |
---|---|---|
Arbeids- og inkluderingsdepartementet2 | – | – |
Barne- og likestillingsdepartementet | 4,3 | 6,0 |
Finansdepartementet | 9,8 | 10,1 |
Fiskeri- og kystdepartementet | 773,3 | 982,4 |
Forsvarsdepartementet | 950,5 | 914,6 |
Helse- og omsorgsdepartementet | 103,0 | 103,0 |
Justisdepartementet | 82,7 | 77,8 |
Kommunal- og regionaldepartementet | 83,0 | 92,0 |
Kunnskapsdepartementet | 543,7 | 538,0 |
Kultur- og kyrkjedepartementet | 784,8 | 851,5 |
Landbruks- og matdepartementet | 4 690,0 | 4 781,0 |
Miljøverndepartementet3 | 3 090,6 | 3 885,9 |
Fornyings- og administrasjonsdepartementet4 5 | 166,9 | 161,0 |
Nærings- og handelsdepartementet | 350,0 | 390,1 |
Olje- og energidepartementet | 1 849,5 | 3 094,9 |
Samferdsledepartementet | 8 293,0 | 10 052,0 |
Utanriksdepartementet6 | 3 017,4 | 4 716,5 |
Sum alle departementa | 24 792,5 | 30 656,8 |
1 Denne kolonnen inneheld tal både frå budsjettproposisjonen 2008 og frå saldert budsjett. For nokre departement kan det vere visse avvik mellom desse tala.
2 Arbeids- og inkluderingsdepartementet har ikkje budsjettpostar som fell inn under miljøomgrepet slik det her er definert.
3 Miljøverndepartementet sine budsjettal omfattar her berre halvdelen av utgiftene til Statens Kartverk. Årsaka til dette er at denne etaten tener ei rekkje formål i tillegg til dei miljøfaglege.
4 Tala omfattar ikkje Statsbygg/rehabilitering av verneverdige statlege bygningar. Enøk-tiltak i regi av Statsbygg er tekne med.
5 Denne posten omfattar og utgifter til Fylkesmannens miljøvernavdeling. For 2009 er desse utgiftene her sett til 155 mill. kroner, som i 2008.
6 Norsk bistandspolitikk byggjer på standardar som er fastsette i OECD/DAC. Definisjonen av miljøtiltak avvik noko frå Miljøverndepartementet sin definisjon.
Miljøtiltak på andre departement sine budsjett er nærare omtalt i budsjettproposisjonane frå dei enkelte departementa. Her finn ein og ei omtale av:
utfordringar knytt til miljø- og ressursforvaltning på departementa sine ansvarsområde
mål for departementa sine arbeid med desse utfordringane
oppnådde resultat i 2007
ressurs- og miljøtiltak i budsjettforslaget for 2009.
Miljøpolitikk handlar likevel ikkje berre om løyvingar og budsjettpostar. Arbeid for eit betre miljø omfattar òg avgjerder som ikkje har direkte budsjettkonsekvensar. Dette kan vere å hindre miljøskadelege inngrep i naturen, reformer og regelendringar som skal gjere det lettare å ta miljøomsyn i offentleg og privat planlegging, skattar og avgifter på miljøskadeleg produksjon og forbruk o.a.
Regjeringa sine overordna miljøpolitiske mål er vist i kapitla 6-14. Departementa sitt miljøpolitiske arbeid er i hovudsak omtalt i budsjettproposisjonane og i stortingsmeldinga Regjeringas miljøpolitikk og rikets miljøtilstand frå 2007. Store miljøpolitiske satsingar blir lagt fram i eigne stortingsmeldingar.
4 Oppsummering av status på dei enkelte resultatområda
Del II gir utfyllande omtale av det enkelte resultatområdet med konkrete mål, status og verkemiddel.
4.1 Bevaring av naturens mangfald og friluftsliv
Mangfaldet av liv i naturen er grunnlaget for eksistensen vår og avgjerande for verdiskaping, velferd og livskvalitet. Dei siste 50 åra har menneska endra økosystema raskare og meir ekstremt enn i nokon annan periode i vår historie. FN-utgreiinga Millennium Ecosystem Assessment viser at millionar av menneske kan bli alvorleg truga av utviklinga dei kommande åra. I 60 pst. av økosystema er verdiane og tenestene vi får av økosystema svekka, eller systema blir ikkje brukte på ein berekraftig måte. Alt i dag har dette store konsekvensar for kva val vi har og vil få. Tapet av biologisk mangfald skuldast særleg tap av nøkkelområde og endringar i arealbruk, men òg klimaendringar, forureining, spreiing av framande arter og overutnytting.
Noreg har som mål å stanse tapet av naturmangfald innan 2010. Dette målet deler vi med alle dei andre europeiske landa. På globalt nivå er målet å redusere betydeleg tapet av arter og økosystem innan 2010. For å auke bevisstgjeringa om 2010-målet sende miljø- og utviklingsminister Erik Solheim våren 2008 postkort til alle ordførarane i landet med oppfordring til å delta i kampen for å ta vare på mangfaldet av arter i naturen. Kvar kommune har fått ein særeigen, truga art dei blir bedne om å ta ekstra godt vare på.
Vern av naturområde
I overkant av 14,3 pst. av fastlandsarealet i Noreg er no verna etter naturvernlova. Vern av naturområde er eit viktig verkemiddel for å stanse tapet av arter og økosystem og sikre verdiar som òg er viktige for næringsutvikling. Viktige tiltak er gjennomføringa av nasjonalparkplanen, dei fylkesvise verneplanane, auka skogvern, marin verneplan og auka fokus på arbeid for å sikre naturverdiane i verneområda. Dette er i tråd med det internasjonale arbeidet for å bevare naturmangfald. Under Konvensjonen om biologisk mangfald har ein vedteke at det innan 2010 skal etablerast eit nettverk av verneområde på land og innan 2012 eit nettverk av marine verneområde. I arbeidet med verneplanar legg ein òg vekt på å sikre artene i eit endra klima.
I løpet av hausten 2008 og i 2009 er ni nye område i nasjonalparkplanen planlagt verna eller utvida. Då vil 47 av i alt 54 verneframlegg i nasjonalparkplanen vere gjennomførte. Ein legg stor vekt på å gjennomføre demokratiske og tillitvekkjande planprosessar, blant anna når det gjeld samarbeid med Sametinget.
Oppsyn og forvaltning av verneområda
Natur- og bruksverdiane i dei verna områda er under press. Ei viktig utfordring er derfor å betre forvaltninga i verneområda, slik at desse verdiane kan haldast oppe. Statens naturoppsyn hadde i 2007 ansvaret for oppsyn i alle dei 2248 verneområda i fastlands-Noreg, men det er framleis eit etterslep i arbeidet med å etablere tilfredsstillande oppsyn i enkelte område. Dette gjeld blant anna i fleire av dei nyoppretta nasjonalparkane, og innafor regionar med store geografiske avstandar og/eller eit stort tal mindre verneområde. Forvaltningsplanar for nasjonalparkar og andre verneområde gir nærare retningslinjer for korleis verneverdiane kan forvaltast på best mogleg måte innafor det enkelte verneområdet. Av totalt 29 nasjonalparkar har åtte i dag godkjende forvaltningsplanar. Om lag 500 av dei mindre verneområda manglar òg forvaltnings- og skjøtselsplanar, og fleire eksisterande forvaltningsplanar treng revisjon. Det går no føre seg arbeid med nye forvaltningsplanar og revidering av eldre planar for dei fleste av nasjonalparkane som manglar slike. I 2008 er det i tillegg sett i gang arbeid med å lage forvaltningsplanar for i overkant av 100 mindre verneområde. Tiltak for betre oppsyn og skjøtsel, og arbeidet med å utarbeide forvaltningsplanar, vil bli ytterlegare styrkt i 2009.
Naturmangfald utanom verneområda
Hovuddelen av naturmangfaldet finst og vil alltid finnast utanom dei verna områda. Det er derfor viktig at omsynet til bevaring av naturens mangfald ligg til grunn for all verksemd og planlegging.
Endringane i kulturlandskapet har vore store dei seinare tiåra. Særleg er gjengroing i utmark no svært tydeleg, med fare for tap både av store landskapsverdiar og av arter som er knytte til slike landskap. Det er eit aukande behov for å oppretthalde drift og skjøtsel blant anna i dei høgast prioriterte områda i Nasjonal registrering av verdifulle kulturlandskap. Statens landbruksforvaltning, Direktoratet for naturforvaltning og Riksantikvaren vil i 2008 fremje forslag om dei første 20 områda i Utvalde kulturlandskap i jordbruket som skal følgjast opp med særskilt forvaltning.
Forskrift om rammer for vassforvaltninga, som implementerer EUs vassrammedirektiv, trådde i kraft frå 1. januar 2007. Denne forskrifta gir rammer for fastsetjing av miljømål for vassførekomstane, og skal sikre vern og berekraftig bruk av desse blant anna gjennom utvikling av forvaltningsplanar og tiltaksplanar. Ni fylkesmannsembete er etablerte som regionale vassregionstyresmakter.
Omfanget av motorferdsel i utmark har auka dei siste åra, og kan truge både naturmangfald og friluftsliv. Prosjektet «Motorferdsel og samfunn» er no avslutta. På dette grunnlaget er det utarbeidd eit forslag til nytt regelverk for motorferdsel i utmark og vassdrag som vart sendt på høyring sommaren 2007. Etter høyringa har Direktoratet for naturforvaltning lagt fram tilrådinga si for Miljøverndepartementet. Departementet tek sikte på å fremje eit forslag for Stortinget i 2008.
Skogvern
Pr. september 2008 er i overkant av 1 000 km2 produktiv skog verna i Noreg. Dette utgjer om lag 1,4 pst. av skogarealet i landet. Det er ei viktig utfordring å auke dette arealet.
Hausten 2008 er det planlagt vernevedtak for Trillemarka-Rollagsfjell. I 2002 vart det verna om lag 45 km2 i området. Nå blir ytterlegare om lag 102 km2 verna, slik at totalt verneareal i Trillemarka-Rollagsfjell blir 147 km2. Hausten 2008 blir det òg verna betydelege skogareal gjennom ordninga med frivillig vern. I 2009 vidareførast satsinga på auka skogvern, blant anna med fokus på vern av skog på statsgrunn.
Truga arter og ansvarsarter
Tiltak for å ta vare på dei truga artene er særs viktig i arbeidet for å stanse tapet av arter og økosystem innan 2010.
I desember 2006 la Artsdatabanken fram ei ny raudliste som gir oversikt over kva for arter som er truga og sårbare i Noreg. Den nasjonale raudlista er eit viktig verkemiddel både for å vite kva arter som treng ekstra vern, og for å kunne måle i kva grad vi er på rett veg for å nå målet om å stanse tapet av planter og dyr. Ein tek sikte på ny revisjon av raudlista i 2010. Det er utarbeidd og sett i verk oppfølging av handlingsplanar for damfrosk, elvemusling, orkideen raud skogfrue, stor salamander, åkerrikse og fjellrev. Pr. august 2008 har Direktoratet for naturforvaltning under arbeid handlingsplanar for ytterlegare ni truga arter, og for sjøfugl som har hatt ein urovekkjande tilbakegang langs norskekysten. Arbeidet med å utarbeide handlingsplanar for fleire truga arter og følgje opp desse med tiltak vil bli ytterlegare styrkt i 2009.
Sikring av leveområde for villreinen har stått sentralt ved opprettinga av fleire av våre store verneområde. Dette er likevel ikkje nok til å sikre store nok område for villreinen, og Miljøverndepartementet bad derfor i 2007 aktuelle fylkeskommunar om å utarbeide fylkesdelplanar for fjellområde som er spesielt viktige for villrein. Samtidig vart det vedteke at ti villreinområde skal ha status som nasjonale villreinområde.
Rovvilt
Sist vinter vart det ikkje registrert yngling av ulv i Noreg. Totalt vart det registrert 19 ynglingar i Skandinavia, ei av desse vart registrert på grensa mellom Noreg og Sverige. I 2008 er det førebels registrert ei yngling av ulv i Noreg. Det nasjonale bestandsovervakingsprogrammet for rovvilt rapporterer om nedgang i bestanden av ulv i Noreg, medan det framleis synest å vere ein auke på svensk side.
For bjørn tyder registreringar på ein viss vekst i bestanden, men det er langt igjen til bestandsmålet er nådd. DNA-analysar viser at det er ei stor overvekt av hannbjørnar i bestanden. I 2007 vart det påvist ei yngling i Trysil. Det nasjonale målet er 15 ynglingar i året. Det nasjonale målet for jerv er 39 ynglingar i året. I 2007 vart det registrert 51 ynglingar i Noreg. Det vart gjennomført hiuttak av tispe og/eller kvalpar ved 11 av dei 51 ynglingane. Det nasjonale bestandsmålet på 65 årlege ynglingar av gaupe er nådd. Vinteren 2008 vart det registrert 74 familiegrupper av gaupe. Målet for kongeørn er sett til 850-1200 hekkande par, og bestanden på landsbasis er rekna for å vere om lag på dette nivået. Dei regionale rovviltnemndene har hovudansvaret for forvaltninga av ulv, bjørn, jerv og gaupe innafor sin region. Det er fastsett nasjonale bestandsmål for alle rovviltarter i kvar enkelt rovviltregion. Regjeringa legg stor vekt på førebyggjande og konfliktdempande tiltak i rovviltforvaltninga.
Betre kunnskapsgrunnlag
Gjennom overvaking av naturtypar og viktige areal for truga arter er det mogleg for styresmaktene å få eit bilete av utviklinga i naturmangfaldet og om verkemidla fungerar slik dei skal. Det nasjonale programmet for kartlegging og overvaking av biologisk mangfald er svært sentralt i dette arbeidet. Framover vil det bli lagt vekt på å få kvalitetssikra og supplert data frå denne kartlegginga, og å gjennomføre neste fase med blant anna kartlegging i sjø. Kartlegginga i kommunane er supplert med ei felles tverrsektoriell satsing frå seks departement på spesielle område der kommunane berre delvis har dekt kunnskapsbehovet. Sjøfuglprogrammet SEAPOP skal gi betre kunnskap som grunnlag for å setje inn tiltak for å sikre sjøfuglbestandane. Det marine kartleggingsprogrammet MAREANO vil gi grunnleggjande kunnskap om vår marine natur, og er ein viktig basis for oppdateringa av forvaltningsplanen for Barentshavet–Lofoten i 2010.
Arbeidet med å utvikle betre verktøy for å måle utviklingstrendar i norsk natur vil bli styrkt i 2009. Det er gjennomført eit utgreiingsarbeid for å etablere ein naturindeks for Noreg. Ein første versjon av ein naturindeks basert på dagens datagrunnlag vil bli presentert med data frå Midt-Noreg i løpet av 2008. Eit norsk «artsprosjekt» vil bli etablert i 2009. Målet er å samanstille informasjon om alle arter i norsk natur, og gjere denne tilgjengeleg i oppslagsverk og via internett. Arbeidet vil skje i nært samarbeid med det svenske artsprosjektet.
Vilt- og fiskeforvaltning
Gjennom den gradvise utbygginga av Statens naturoppsyn har kontrollen med ulovleg jakt og fangst på sårbare og truga arter blitt betre. Lakseoppsynet er òg styrkt gjennom organisatoriske endringar og effektivisering.
Vilt- og fiskeressursane i Noreg er forvalta etter føre var-prinsippet. Ingen viltarter som det blir jakta på er truga av overutnytting. Bestandene av villaks har likevel dei siste åra vore på eit historisk lågt nivå, og det vart i mai 2008 fastsett nye og historisk strenge reguleringar for laksefisket både i elv og sjø.
Ferdigstillinga av ordninga med nasjonale laksevassdrag og laksefjordar vart vedteken av Stortinget våren 2007, jf. St.prp. nr. 32 (2006-2007) og Innst. S. nr. 183 (2006-2007). Dette gav dei viktigaste laksebestandane betre vern. Ordninga består no av til saman 52 nasjonale laksevassdrag og 29 nasjonale laksefjordar som er underlagt eit oppdatert verneregime.
Arbeidet med å utrydde Gyrodactylus salaris er styrkt i 2008 og vil bli styrkt ytterlegare i 2009. Det vart gjennomført kjemisk behandling av Lærdalselva i april med ein kombinasjon av aluminium og rotenon. Det er planlagt kjemisk behandling av Steinkjervassdraga hausten 2008. Planlegging for nedkjemping i heile Vefsn-regionen held fram med sikte på oppstart av behandling i 2009. Det blir i dag kalka i 22 laksevassdrag i Sør-Noreg. Også dei lokale kalkingsprosjekta i regi av frivillige organisasjonar har halde fram på høgt nivå. Kalkingsaktiviteten blir halden oppe på noverande nivå også i 2009.
Framande arter og genmodifiserte organismar
Innføring og spreiing av framande organismar gir store utfordringar. Auka handel, turisme, reising og nedbygging av grensekontroll mellom land og kontinent gjer at mange organismar blir spreidde til område der dei ikkje høyrer heime. Dei ti mest berørte departementa la i mai 2007 fram ein Tverrsektoriell nasjonal strategi med tiltak mot framande arter. Samstundes la Artsdatabanken fram Norsk svarteliste 2007 med risikovurderingar av 217 av dei 2 483 framande artane som til no er registrerte i Noreg. Denne lista vil bli eit viktig verktøy for å prioritere tiltak mot framande arter.
Stadig fleire land set ut genmodifiserte organismar (GMO) i miljøet. Det er stor usemje om bruk og regulering av GMO mellom dei landa som produserer og eksporterer GMO og andre land. På partsmøtet for Cartagena-protokollen om GMO i 2008 vart det semje om eit kompromissforslag om ansvars- og erstatningsreglar for skader som skuldast GMO. Dette vil danne grunnlag for vidare forhandlingar. Siktemålet er å vedta ansvarsreglar på partsmøtet i 2010. Noreg er ein pådrivar i dette arbeidet.
Friluftsliv
Noreg har store friluftsareal og ein allemannsrett til ferdsel i utmark. Men somme stader, særleg i strandsona, er allemannsretten under press. Det er viktig å sikre areal og rettar til ferdsel, opphald og aktivitetar, og stimulere til miljøvennleg friluftsliv. Miljøverndepartementet la i 2007 fram eit nytt rundskriv om friluftslova der ein tek for seg fleire høgsterettsdomar som gjeld tilhøva for ferdsel i strandsona.
Regjeringa vil leggje fram ei eiga lov om naturområde i Oslo og nærliggjande kommunar (Marka) i løpet av 2008. Lova skal både sikre grensene for Marka og ta vare på natur- og kulturkvalitetane i Marka.
Undersøkingar viser at ungdom si deltaking i friluftsliv er betydeleg redusert dei seinaste tiåra. Dette er ei utfordring, både i eit miljø- og eit helseperspektiv. Ungdom er ei svært viktig målgruppe for det motivasjonsarbeidet som skjer i regi av frivillige organisasjonar og ulike statlege etatar.
Det er sikra meir enn 2 000 område til friluftsformål ved kjøp eller avtaler om bruk av eigedom. I 2007 vart 58 nye område sikra. Fleire område er sikra ved omstillingar i staten, blant anna ved overtaking av forsvarseigedommar. Regjeringa held fram arbeidet med å sikre nye friluftsområde, særleg område i kystsona. I tillegg til sikring og tilrettelegging av særskilte friluftsområde vil det òg bli lagt vekt på å opne ulike typar statseigedom for allmenta. Det er òg viktig å sikre overordna og samanhengande grønstruktur i byar og tettstader. Samarbeidet med byane Bergen, Oslo, Trondheim og Kristiansand vil halde fram i 2009.
4.2 Bevaring og bruk av kulturminne
Kulturminne og kulturmiljø representerer store verdiar både for den enkelte og for samfunnet. Kulturminnelova og internasjonale konvensjonar føreset at særs viktige kulturminne blir tekne vare på. Regjeringa vil sikre at mangfaldet av kulturminne og kulturmiljø gir grunnlag for kunnskap, oppleving og verdiskaping.
Viktige kulturhistoriske verdiar står i fare for å gå tapt. I åra 2000-2006 var tap og skade på automatisk freda kulturminne gjennomsnittleg 1,2 pst. årleg. Det har vore eit synleg etterslep i vedlikehaldet av freda og verneverdige kulturminne og kulturmiljø. Regjeringa har sett inn ressursar for å snu den negative trenden. Løyvingane over statsbudsjettet til formålet har auka dei seinare åra, og aukar vidare i 2009. Erfaringar frå arbeidet med bevaringsprogramma viser at med framhaldande styrke og målretta innsats vil det vere mogleg å nå dei nasjonale måla innan 2020.
Dei nasjonale måla skal nåast gjennom ti konkrete bevaringsprogram. Programma legg vekt på den ressursen kulturarven er i lokalsamfunna og i regionane, og omfattar freda kulturminne i privat eige, industriminne, fartøy, brannsikring av trehusbusetnad, arkeologiske kulturminne, bergkunst, ruinar, stavkyrkjer, verdsarvområde og samiske kulturminne. Gjennom regjeringas strategi for sikring og istandsetjing av kulturminne og kulturmiljø er det lagt eit godt grunnlag for å prioritere innsats og tiltak.
Ved sidan av bevaringsprogrammet for stavkyrkjene, har bevaringsprogrammet for freda kulturminne i privat eige hatt høgast prioritet dei siste tre åra. Gjennom programmet har ein fått god oversikt over behovet for vedlikehald. Til no er 60 pst. av dei freda bygningane i privat eige ferdig registrerte. Tilskotsmidlane blir gitt til dei kulturminna der behova er størst og effektane best. Dette har ført til at trenden er snudd i positiv retning og at vi er på god veg til å nå målet.
Det er stor merksemd om dei norske verdsarvområda, og bevaringsprogrammet for verdsarven har òg hatt høg prioritet. Behova har likevel auka, blant anna fordi Noreg har fått fleire og større område inn på verdsarvlista. Også bevaringsprogrammet for ruinar får stor merksemd, ikkje minst lokalt. Regjeringa meiner det er viktig å ha ei god framdrift i programmet og vil auke løyvinga.
Bevaringsprogramma for ti utvalde tekniske og industrielle kulturminne og for fartøy inneber spesielt store utfordringar, ikkje minst budsjettmessig. Desse kulturminna er viktige representantar for norsk industriutvikling og skipsfart.
Kulturminne og kulturmiljø kan gi grunnlag for å utvikle levende lokalsamfunn og vere ressursar for verdiskaping i næringslivet. Miljøverndepartementet har sett i gang eit program som tek for seg verdiskaping på kulturminneområdet. Fase 1 av programmet går ut 2010 og omfattar 11 pilotprosjekt – frå sør til nord i heile landet – og med varierande innhald. Erfaringane er positive og prosjekta synleggjer eit stort potensial for verdiskaping. Det er viktig å sikre framdrifta i programmet i den viktige avsluttande fasen.
Interessa for Kulturminnefondet har auka i takt med auken i fondskapitalen. I 2008 er talet på søknader og tildelingar høgare enn nokon gong. Kulturminnefondet er den viktigaste finansieringskjelda for bevaring av verneverdige kulturminne og kulturmiljø. Fondet er dessutan ei vesentleg finansieringskjelde i verdiskapingsprogrammet på kulturminneområdet. Fondets midlar skal òg brukast til freda kulturminne. Det har fram til no komme få søknader frå private som er eigarar av freda kulturminne. Miljøverndepartementet vil sjå nærare på tiltak som kan auke talet på slike søknader. Miljøverndepartementet vil sende utkast til endra forskrifter for kulturminnefondet på høyring i årsskiftet 2008-2009. Dette er ei oppfølging av evalueringa av fondet i 2006.
Statens kulturhistoriske eiendommer (SKE) er eit prosjekt under Fornyings- og administrasjonsdepartementet. Prosjektet blir avslutta i 2008. Då vil dei resterande oppgåvene i prosjektet bli overførte frå Fornyings- og administrasjonsdepartementet til Miljøverndepartementet. Prosjektet omfattar registrering av alle statens bygningar med omsyn til verneverdi, utarbeiding av landsverneplanar for dei statlege sektorane og utarbeiding av retningslinjer for forvaltninga av statens kulturhistoriske eigedommar. Riksantikvaren skal ha ansvaret for å gjennomføre fredingsprosessane for dei anlegga som blir valde ut. Dette er det mest omfattande bevaringsprosjektet som nokon sinne har vore gjennomført i Noreg.
Informasjon er sentralt og omfattar bl.a. kunnskap om kvar kulturminna finst og korleis dei skal setjast i stand. Kulturminnedatabasen Askeladden blir utvikla vidare og har no nær 2 700 registrerte brukarar. Stadig fleire kommunar tek basen i bruk i sitt planleggingsarbeid. Saman med byggjenæringa har Miljøverndepartementet førebudd oppretting av ein nettbasert kunnskapsportal for tradisjonsbaserte handverksfag. Planlagt oppstart er i 2009. Nettstaden skal gjere det enklare for alle å finne fram til leverandørar av tradisjonelle handverkstenester og produkt.
I 2008 bestemte Regjeringa at 2009 skal vere eit kulturminneår, med «Dagleglivets kulturminne» som hovudtema. Det er Miljøverndepartementet og Kultur- og kyrkjedepartementet som saman med Noregs kulturvernforbund har ansvaret for å planleggje og gjennomføre kampanjeåret.
4.3 Reint hav og vatn og eit giftfritt samfunn
Heilskapeleg hav- og vassforvaltning
Omfanget av aktivitetar som påverkar havmiljøet og vassførekomstane aukar sterkt. Aktiviteten skjer ofte utan at ein veit nok om samanhengen mellom belastningane og effektane på økosystema. Samtidig får vi stadig ny kunnskap om kor sårbare våre kyst-, hav- og vassmiljø er. Det er derfor naudsynt å sjå dei ulike belastningane på økosystema i samanheng. Den samla miljøbelastninga må ikkje bli større enn at økosystemas struktur, funksjonsmåte og produktivitet blir haldne ved lag.
Heilskapeleg havforvaltning
Det er Regjeringas mål at det innan 2015 skal utarbeidast heilskapelege og økosystembaserte forvaltningsplanar for alle norske havområde. St.meld. nr. 8 (2005 – 2006) Helhetlig forvaltning av det marine miljø i Barentshavet og havområdene utenfor Lofoten vart presentert våren 2006, og inneheld den første regionale forvaltningsplanen for eit norsk havområde. Arbeidet med å gjennomføre denne forvaltningsplanen er i gang. I gjennomføringa av planen vil Regjeringa føre vidare arbeidet med kartlegging av havbotn og sjøfugl i havområdet. Arbeidet blir prioritert i områda Nordland VII, Troms II og Eggakanten fram mot 2010, i samband med den varsla oppdateringa av planen. Regjeringa vil òg prioritere å byggje opp kunnskap om havområdet gjennom samordna overvakingssystem, og gjennom forsking på langtransportert forureining, konsekvensar av klimaendringar og konsekvensar av samla påverknad på ulike delar av økosystemet.
Arbeidet med å utforme ein forvaltningsplan for Norskehavet er godt i gang. Regjeringa tek sikte på å presentere denne i ei stortingsmelding våren 2009. Innan 2015 ønskjer Regjeringa å utarbeide ein forvaltningsplan også for Nordsjøen.
Heilskapeleg vassforvaltning
Regjeringa vil styrkje arbeidet med ei meir heilskapeleg, økosystembasert og kunnskapsbasert forvaltning av ferskvatn, grunnvatn og kystvatn – i tråd med EUs rammedirektiv for vatn. Forskrift om rammer for vassforvaltninga implementerer EUs vassrammedirektiv i norsk rett, og vil vere det viktigaste verktøyet. Forskrifta gir rammer for fastsetjing av miljømål for vassførekomstane og skal sikre best mogleg vern og berekraftig bruk av desse. Måla skal nåast gjennom regionale forvaltningsplanar og program for tiltak der alle ansvarlege styresmakter og sektorar medverkar.
Miljøverndepartementet er ansvarleg for at forskrifta blir gjennomført i Noreg. Forvaltningsplanar for om lag 20 pst. av Noregs vassførekomstar skal vere ferdige i 2009, og innan 2015 skal det liggje føre forvaltningsplanar for alle vassførekomstane. Overvaking av vassførekomstane er ein viktig føresetnad for å gjennomføre forskrifta. Den skal gi informasjon om naturtilstanden og samtidig syne om tiltak som blir sette i verk gir ønskt miljøforbetring. Dette vil gi grunnlag for eventuelle nye tiltak når forvaltningsplanane vert fornya kvart sjette år.
Ni fylkesmannsembete er peika ut som vassregionstyresmakter. Dei skal syte for å lage forvaltningsplanane i samarbeid med relevante sektorar. Arbeidet i vassregionane er basert på fleire faglege rettleiarar utarbeidde av sentrale fagstyresmakter. Arbeidet er organisert i eigne vassregionutval, og lokalt i arbeidsutval for dei enkelte vassførekomstane. Direktivet og forskrifta føreset brei medverknad, der alle statlege styresmakter regionalt og lokalt, fylkeskommunar, kommunar og organisasjonar er med i arbeidet.
Det er gjennomført ei grovkarakterisering av tilstanden i vassførekomstane. Det blir no arbeidd vidare med ei meir detaljert karakterisering, eit overvakingsprogram og konkretisering av tiltak for miljøforbetring.
Innlemming av EUs rammedirektiv for vatn er nærare omtalt i St.prp. nr. 75 (2007-2008).
Overgjødsling og nedslamming
Overgjødsling er framleis eit betydeleg forureiningsproblem i Noreg. Dei utsleppsreduksjonane som har vore gjennomførte har ikkje vore nok for å løyse miljøproblema. Oppfølging av vassforvaltningsforskrifta blir viktig i det vidare arbeidet med å redusere overgjødslingsproblema. I ferskvatn er det særleg problem knytte til overgjødsling i område med stor folketettleik eller i landbruksintensive område. I marine område er det særleg lokale fjordområde langs Skagerrakkysten og fjordområda på strekninga Lindesnes – Stad som er utsette for overgjødsling og nedslamming, grunna utslepp frå kommunalt avløp, industri, landbruksavrenning og/eller fiskeoppdrett. Overgjødsling og nedslamming er, kombinert med klimaendringar, truleg ei av hovudårsakene til den omfattande nedgangen i førekomstane av sukkertare langs kysten av Sør-Noreg. Statens forureiningstilsyn og Direktoratet for naturforvaltning arbeider i samråd med sektorane med å finne årsakssamanhengar og eventuelle tiltak.
Oljeforureining
Oljeforureining skuldast både akutte (ulovlege og ukontrollerte) utslepp og driftsutslepp frå offshoreinstallasjonar, skip og landbaserte kjelder.
Petroleumsindustriens nullutsleppsmål er nådd for tilsette kjemikaliar. Det skal likevel framleis vere sterkt fokus på å skifte ut kjemikaliar med mindre miljøfarlege alternativ (substitusjon) for å sikre at også resten av dei miljøfarlege stoffa blir fasa ut. Målet for naturleg førekommande miljøfarlege stoff i produsert vatn er ikkje nådd i same grad som for tilsette kjemikaliar. Produsert vatn inneheld restar av olje og kjemiske stoff, både kjemikaliar tilsette i prosessen og naturleg førekommande kjemiske stoff.
Ulovlege utslepp frå skip utgjer hoved utfordringa. Samarbeidet mellom Nordsjølanda har som mål å oppnå ei meir effektiv straffeforfølging av ulovlege utslepp frå skip.
Alle hamner er etter forureiningsforskrifta pålagt å syte for etablering og drift av mottaksordningar for handtering av avfall og lasterestar frå skip som er innom hamna. Dei fleste offentlege hamnene har utarbeidd avfallsplan og har mottak som fungerer tilfredsstillande. Likevel er det fleire hamner som framleis ikkje følgjer krava i forskrifta.
Noreg har tiltredd Konvensjonen om kontroll og behandling av ballastvatn og sediment frå skip (Ballastvatn-konvensjonen). Ei nasjonal forskrift om handtering av ballastvatn er på høyring og vil etter planen vil bli fastsett i løpet av våren 2009.
Miljøgifter
Spreiing av miljøgifter frå produkt, industri, transport og avfallsbehandling fører til ei gradvis forureining av jord, luft og vatn. Stadig fleire kjemikaliar inngår i stadig fleire produkt og produksjonsprosessar, utan at vi kjenner til kva følgjer bruken kan få. Samtidig viser kartleggingar i miljøet at miljøgifter blir funne igjen over stadig større delar av kloden – og i for høge konsentrasjonar – i menneske, planter og dyr. Regjeringa har styrkt innsatsen mot bruk og utslepp av helse- og miljøfarlege kjemikaliar. Den auka innsatsen vart presentert i St. meld. nr. 14 (2006-2007) Sammen for et giftfritt miljø – forutsetninger for en tryggere fremtid. Meldinga inneheldt òg to handlingsplanar, den eine for opprydding i forureina jord i barnehagar og på leikeplassar, den andre for opprydding i forureina sjøbotn.
Kartlegging av miljøgifter i naturen og i produkt vil framleis bli prioritert.
Det overordna målet i kjemikaliepolitikken er å unngå helseskadar, skadar på økosystem eller skadar på naturen si evne til produksjon og sjølvfornying. Over tid skal konsentrasjonen av dei farlegaste stoffa bringast ned mot naturlege bakgrunnsverdiar. Dette skal sikrast både ved å hindre nye utslepp og å hindre at gamle forureiningar skader helse og miljø. Det er sett konkrete mål med tidsfristar for når utsleppa av prioriterte miljøgifter skal vere vesentleg reduserte eller stansa. Alle utslepp av miljøgifter skal vere stansa innan 2020.
Det nye europeiske kjemikalieregelverket om registrering, vurdering, godkjenning og restriksjonar på kjemikalier – REACH – vart innlemma i EØS-avtala i mars 2008 og godkjent av Stortinget i mai 2008. Norsk gjennomføringsforskrift vart fastsett med verknad frå 30. mai 2008. REACH er no det grunnleggjande systemregelverket for kjemikalieforvaltning i Noreg. Formålet med REACH er å oppnå betre vern av helse og miljø gjennom betre kontroll med produksjon, import, bruk og utslepp av kjemiske stoff. Regjeringa vil arbeide for å påverke utviklinga på dette viktige miljøområdet i EU/EØS. Det vil òg vere aktuelt med fleire forbod mot miljøgifter i produkt.
Regjeringa legg opp til at eit offentleg utval skal sjå på korleis ein kan nå 2020-målet om å stanse alle utslepp av miljøgifter. Utvalet skal gi innspel til styresmaktene om konkrete tiltak som kan setjast i verk for å bidra til at styresmaktene når måla sine. Regjeringa vil styrkje informasjonsarbeidet overfor forbrukarar om helse- og miljøfarlege produkt og kjemikaliar, for at dei skal kunne ta miljøvennlege val. Dette vil redusere bruk av produkt som inneheld helse- og miljøfarlege kjemikaliar. Ein nasjonal miljøprøvebank for miljøgifter vil bli oppretta frå 2009.
Trusselen frå miljøgifter og andre helse- og miljøfarlege kjemikaliar er global. Dårleg kontroll med bruk og utslepp av helse- og miljøfarlege kjemikaliar i utviklingsland fører til lokale skadar på helse og miljø. Samtidig blir miljøgifter transporterte langt frå kjeldene, og nordområda er ein «utslagsvask» for utslepp som skjer andre stader i verda. Internasjonalt arbeid er derfor heilt naudsynt for å redusere utsleppa i norsk natur og nå 2020-målet. Regjeringa vil vere pådrivar for å styrkje internasjonale avtaler om miljøgifter både regionalt og globalt, og gi bistand til utviklingsland for å stanse utslepp av helse- og miljøfarlege kjemikaliar. Samtidig legg Regjeringa vekt på å sikre eit høgt vernenivå nasjonalt og å vere i forkant av den internasjonale utviklinga.
Mange stader på land og i sjøen ligg det miljøgifter som stammar frå gamle industriutslepp, avfallsfyllingar og liknande. Slike forureiningar trugar både miljøet og menneske si helse. Miljøgiftene blir tekne opp i planter og dyr og kan ende i våre eigne matfat. Grunnlaget for verdiskaping blir redusert i dei berørte områda og forureiningane fører òg til auka kostnader ved utbygging.
Miljøproblema er løyste på alle dei om lag 100 verste lokalitetane med forureina jord, slik at forureininga på desse ikkje lenger utgjer fare for helse og miljø. Vidare er miljøtilstanden undersøkt og behovet for oppryddingstiltak ferdig klarlagt på om lag 500 utpeikte lokalitetar. Per 1. april 2008 kjenner miljøstyresmaktene til 348 lokalitetar der det finst eller er grunn til å tru at det kan finnast miljøgifter med spreiingsfare, og der det ut frå risikovurdering er behov for vidare tiltak. Arbeidet med å få stansa eller redusert vesentleg spreiing av miljøgifter frå forureina grunn på land blir vidareført i 2009. Hausten 2006 la Miljøverndepartementet fram ein eigen handlingsplan for opprydding i forureina jord i barnehagar og på leikeplassar. Det er utarbeidd fylkesvise tiltaksplanar for 17 prioriterte område med forureina sjøbotn. Desse er utgangspunkt for ein nasjonal handlingsplan for opprydding i forureina sjøbotn, som Miljøverndepartementet la fram i stortingsmeldinga om helse- og miljøfarlege kjemikaliar.
I arbeidet med opprydding på land og i sjøbotn vil staten framleis medverke med betydelege midlar til opprydding der det ikkje er mogleg å identifisere dei ansvarlege, eller der det ikkje er rimeleg å påleggje dei ansvarlege dei fulle kostnadane, og til kunnskapsoppbygging og naudsynt overvaking på feltet.
Avfall og gjenvinning
Det er eit mål å syte for at skadane frå avfall blir så små som mogleg på menneske og miljø, samtidig som ressursane i avfallet skal utnyttast. Miljøforvaltinga skal medverke til rammevilkår som fører til at minst 75 pst. av den genererte avfallsmengda går til gjenvinning innan 2010, med ei vidare opptrapping til 80 pst. Det har vore ei svært positiv utvikling på avfallsfeltet dei siste åra. I dag blir opp mot 70 pst. av avfallet anten gjenvunne som material eller utnytta til energi, mens utsleppa frå avfall er betydeleg reduserte.
Miljøforvaltninga har få verkemiddel som direkte regulerer kor store avfallsmengder som blir generert. Men strengare krav til avfallsbehandling, avgift på sluttbehandling av avfall og innføring av produsentansvar er med på å stimulere til avfallsreduksjon. Regjeringa vil styrkje arbeidet med avfallsførebygging ved å auke informasjons- og rådgivingsarbeidet og prøve ut nye verkemiddel gjennom eit prøveprosjekt under Miljøverndepartementet. Verksemda skal fremje ei meir miljøvennleg samfunnsutvikling ved å bidra til redusert miljøbelastning frå produksjon og forbruk, og leggje til rette for ei tettare kopling mellom forbrukar- og miljøspørsmål.
Frå 1. juli 2009 blir det innført forbod mot å deponere nedbryteleg avfall. Det er venta at klimagassutsleppa frå deponi på sikt vil bli reduserte til omtrent ein tredel av nivået i dag som følgje av forbodet og eksisterande verkemiddel. Metangassutslepp frå deponi utgjer omtrent 2,2 pst. av klimagassutsleppa i Noreg.
Utsleppa av miljøgifter og næringssalt vil òg bli betydeleg reduserte. Forbodet vil bidra til auka gjenvinning av avfall.
Vi har òg viktige utfordringar når det gjeld farleg avfall. 1 020 000 tonn farleg avfall vart levert og handtert i samsvar med gjeldande regelverk i 2006, ein auke på 9 pst. frå året før. Restmengda på om lag 88 000 tonn vart anten handtert ulovleg eller utanom styresmaktenes registreringssystem.
For å auke befolkninga sin kunnskap om kva som er farleg avfall og korleis det skal behandlast for ikkje å skade miljøet, støttar Miljøverndepartementet bransjeorganisasjonen Avfall Noreg sin opplysningskampanje om farleg avfall. Kampanjen er særleg retta mot forbrukarane.
4.4 Eit stabilt klima og rein luft
Klimaendringar
Klimaproblemet er den største miljøutfordringa verda står overfor i dag. Sidan industrialiseringa tok til har konsentrasjonen av karbondioksid (CO2), som er den viktigaste klimagassen i atmosfæren, auka med nær 40 pst. FNs klimapanel (IPCC) skreiv allereie i 2001 at mesteparten av oppvarminga vi har observert dei siste femti åra er menneskeskapt. Verknadene framover kan bli drastiske. Nedsmelting av is på Grønland og i Antarktis kan, saman med temperaturauke og utviding i havmassane, føre til ei betydeleg heving av havflata og strandlinjene. Regionale og lokale klimaendringar kan bli store og etter måten raske, men er vanskelege å føreseie.
Det langsiktige målet i Klimakonvensjonen er å stabilisere konsentrasjonen av klimagassar på eit nivå som hindrar farleg menneskeskapt påverknad av klimasystemet. Regjeringa har vedteke ei konkretisering av det strategiske målet. Denne seier at den globale temperaturauken må haldast under 2°C. Dette vil krevje store reduksjonar i klimagassutsleppa. Kyotoprotokollen er eit steg på vegen mot det langsiktige målet, men må forsterkast av eit meir globalt klimaregime med sterkare reduksjonar etter 2012.
I 2006 var dei samla norske klimagassutsleppa på 53,5 mill. tonn CO2-ekvivalentar. Førebelse tal frå Statistisk sentralbyrå/Statens forureiningstilsyn viser at dei samla norske klimagassutsleppa auka til 55 mill. tonn CO2-ekvivalentar i 2007. Utsleppa i Noreg er venta å auke vidare i åra framover.
Stortinget har vedteke at Noreg skal overoppfylle utsleppsforpliktinga etter Kyotoprotokollen med 10 prosentpoeng, til 9 prosent under 1990-nivå. Regjeringas politikk er at utsleppsforpliktinga skal oppfyllast gjennom ein kombinasjon av nasjonale tiltak og bruk av Kyoto-mekanismane slik protokollen legg opp til, der ein betydeleg del av utsleppsreduksjonane skjer gjennom nasjonale tiltak. I tillegg skal Noreg fram til 2020 ta på seg ei forplikting om å kutte dei globale utsleppa av klimagassar tilsvarande 30 pst. av Noregs utslepp i 1990. Det er realistisk å ha som mål at om lag to tredeler av den norske utsleppsreduksjonen skjer nasjonalt, når opptak i skog er rekna med. Som ein del av ei global og ambisiøs klimaavtale der andre industriland òg tek på seg store forpliktingar, vil Noreg sørge for å redusere dei globale utsleppa tilsvarande 100 pst. av Noregs utslepp seinast i 2030. Det vil seie at Noreg blir karbonnøytralt.
I St. meld. nr. 34 (2006-2007) Norsk klimapolitikk foreslår Regjeringa ei rekkje tiltak for å nå desse måla innafor dei viktigaste samfunnssektorane med klimagassutslepp i Noreg. Fleire tiltak kom til i klimaforliket mellom regjeringa og opposisjonspartia på stortinget.
Klimakvotelova trådde i kraft 1. januar 2005 og knyter kvoteplikt til om lag 50 norske industribedrifter for perioden 2005–2007. Kvotesystemet vart utvida frå 2008, og vil omfatte blant anna petroleumsverksemda på norsk sokkel i tillegg til landbasert industri og energianlegg over 20 MW. Over 40 pst. av dei norske klimagassutsleppa vil vere kvotepliktige. Kvotesystemet vil, saman med CO2-avgifta og andre verkemiddel, medverke til å redusere utsleppa av klimagassar på ein mest mogleg kostnadseffektiv måte. Partane i EØS vart samde om å innlemme kvotedirektivet i EØS-avtala 26. oktober 2007. Denne avgjersla trådde i kraft 29. desember i fjor. Regjeringa sende den nasjonale tildelingsplanen til EFTAs organ for overvaking (ESA) den 28. mars 2008.
ESA aksepterte i sitt vedtak av 16. juli 2008 hovudtrekka i den norske tildelingsplanen, men krev enkelte justeringar i tildelinga av vederlagsfrie kvotar til verksemder på fastlandet.
Klimagassutslepp frå avskoging og degradering av skog utgjer bortimot 20 prosent av dei samla globale utsleppa, og er samtidig mogleg å redusere relativt raskt og til ein ganske låg kostnad. Store og varige reduksjonar i klimagassutslepp frå avskoging og degradering av skog føreset at avgrensingar av utslepp frå desse kjeldene inngår i ei ny global klimaavtale. Regjeringa har derfor trappa opp satsinga på desse områda i 2008. Innsatsen vil bli ytterlegare styrkt i 2009, gjennom ei løyving på 1,5 mrd. kroner og ei like stor tilsegnsfullmakt på Utenriksdepartementets budsjett. Det er dermed lagt opp til at løftet i klimaforliket kan bli oppfylt allereie frå 2009.
Sjølv om vi har store ambisjonar om utsleppskutt nasjonalt og internasjonalt er det naudsynt å vere budd på konsekvensane av klimaendringar i Noreg. På fleire samfunnsområde er ein allereie i gang med eit arbeid for tilpassing til klimaendringar. Det blir sett i gang ei breitt opplagt offentleg utgreiing for å kartleggje kor sårbart samfunnet er og kva behov vi har for tilpassing til klimaendringane. Utvalet skal sjå på kva risiko klimaendringane representerer for natur og samfunn, og gjere greie for kva samfunnsområde som er mest utsette.
Boks 4.1 Klimaforliket: Auka satsing på klimatiltak i 2009
Som følgje av regjeringa sine ambisiøse mål i klimapolitikken og klimaforliket på Stortinget, aukar klimasatsinga på mange departement sine budsjett, både til tiltak og til forsking.
Over Utanriksdepartementet sitt budsjett blir det føreslått 1,5 mrd. kroner i løyving til tiltak mot avskoging i utviklingsland. Samtidig blir det gitt 1,5 mrd. kroner i tilsegnfullmakt til same føremål.
Rammene til generell forsking på fornybar energi og karbonfangst og lagring aukar med 300 mill. kroner. I tillegg blir det føreslått 150 mill. kroner til oppretting av eit demonstrasjonsprogram for utvikling og introduksjon av nye fornybare energiteknologiar offshore.
Løyvingane til investeringar, vedlikehald og drift i jernbanenettet aukar med om lag 1,3 mrd. kroner frå 2008 til 2009. Det blir òg gjort framlegg om å etablere eit prøveprosjekt innanfor Samferdsledepartementet – Transnova, som skal fremje utvikling og bruk av meir miljøvennlege transportmiddel.
Regjeringa skal leggje fram ein handlingsplan for det internasjonale arbeidet for karbonfangst og lagring som klimatiltak i løpet av 2008. Det blir gjort framlegg om 20 mill. kroner over Olje- og energidepartementet sitt budsjett til dette i 2009.
Miljøverndepartementet får ein auke på 129 mill. kroner til klimatiltak i 2009. Det vil m.a. bli løyvd 22 mill. kroner til eit nytt kompetansesenter for auka kunnskap om is og klima ved Norsk Polarinstitutt i Tromsø. Senteret blir mellom anna eit viktig norsk bidrag til samarbeid med verdas «bre-statar» for å auke forståinga av korleis klimaendringane påverkar breane.
Klimainnsatsen i polarstroka blir òg styrkt med 13,3 mill. kroner, gjennom auka løyvingar til Zeppelin målestasjon, til styrking av infrastrukturen i Ny-Ålesund og til gjenreising av den norske forskingsstasjonen på Bouvetøya i Antarktis.
Kampanjen «Klimaløftet» får auka løyvinga med 8 mill. kroner som ledd i satsinga på informasjon. Samtidig aukar løyvingane med 5 mill. kroner til innanlands tilpassing til klimaendringane.
Det blir gjort framlegg om ei samla løyving på meir enn 1,83 mrd. kroner til CO2-handtering. Desse midla går m.a. til arbeidet med nasjonale CCS-prosjekt (Carbon Capture and Storage), forsking, utvikling og demonstrasjon av CO2-handteringsteknologi og drift av statsføretaket Gassnova SF.
Det blir gjort framlegg om ei løyving på 715 mill. kroner til kjøp av klimakvotar som utgjer ein auke på 210 mill. kroner og ei fullmakt til å inngå avtaler om kjøp av utsleppskvotar utover denne løyvinga for inntil 6,3 mrd. kroner som er ein auke på 2,7 mrd. kroner. Til kjøp av klimakvotar for statstilsette sine internasjonale tenestereiser med fly, blir det føreslått 8,4 mill. kroner og ei fullmakt på inntil 10,5 mill. kroner til å inngå avtaler utover denne løyvinga.
Nedbryting av ozonlaget
Trusselen mot ozonlaget er ikkje borte, men Montrealprotokollen har effektivt redusert bruken og utsleppa av KFK og andre ozonreduserande stoff frå dei rike industrilanda. Ei hovudutfordring internasjonalt er å gjere utviklingslanda i stand til å oppfylle forpliktingane sine under protokollen.
Noreg har oppfylt krava i Montrealprotokollen og gjennomført EU-forordninga om ozonreduserande stoff. Det nasjonale arbeidet er no retta mot kontroll med at føresegnene blir etterlevde, og overvaking av miljøtilstanden.
Langtransporterte luftforureiningar
Internasjonale avtaler og nedlegging av forureinande industri i Europa har redusert forsuringsproblema i Noreg. Tolegrensene for forsuring av overflatevatn var overskridne på 42 pst. av arealet vårt i 1980 og 23 pst. i 2000, jf. ny kunnskap presentert i St.meld. nr. 26 (2006-2007) Regjeringens miljøpolitikk og rikets miljøtilstand. Med full effekt av Gøteborgprotokollen vil tolegrensene venteleg vere overskridne på om lag 11 pst. av Noregs areal i 2010. Noreg var og er avhengig av omfattande reduksjonar av utslepp i Europa for å løyse miljøproblema som skriv seg frå langtransportert luftforureining.
Gøteborgprotokollen krev at dei årlege norske svovelutsleppa er maksimalt 22 000 tonn frå 2010. Regjeringa legg opp til at dette kravet skal oppfyllast gjennom nye utsleppskrav til industrien, jf. intensjonsavtala med Norsk Industri (tidlegare Prosessindustriens Landsforeining).
NOx-forpliktinga i Gøteborgprotokollen inneber ein reduksjon i dei årlege norske utsleppa på 18 pst. frå 2007 til 2010, til maksimalt 156 000 tonn, og krev betydelege nye tiltak. I tråd med Stortingets vedtak sette Regjeringa 1. januar 2007 i verk ei avgift på utslepp av nitrogenoksid (NOx). Miljøverndepartementet inngjekk 14. mai 2008 ei avtale om reduksjon av NOx-utslepp med 14 næringsorganisasjonar. Næringsorganisasjonane tek i avtala på seg å redusere dei årlege NOx-utsleppa med 30 000 tonn. Verksemder som slutta seg til avtala innan 1. juli 2008 får tilbakebetalt NOx-avgift som er innbetalt frå 1. januar 2008. Avgiftsfritaket gjeld dei tre åra 2008, 2009 og 2010. Utsleppsreduksjonane skal vere fullt ut gjennomførde innan utgangen av 2011.
EFTAs overvakingsorgan (ESA) vedtok 16. juli 2008 å ikkje framsetje innvendingar mot avgiftsfritaket for verksemder som er tilslutta NOx-avtala. Avtala vil bidra vesentlig til at Noreg overheld NOx-forpliktinga i Gøteborgprotokollen.
Noregs utslepp av flyktige organiske sambindingar (VOC) var i 2007 for første gong lågare enn forpliktinga i Gøteborgprotokollen, som er maksimalt 195 000 tonn innan 2010. Utsleppa er vesentleg reduserte dei siste åra som følgje av krava som er sette til utslepp frå lasting og lagring av råolje på sokkelen og implementering av EU-direktiv, blant anna om utslepp av VOC frå bruk av løysemiddel og VOC i måling og lakk. Noreg overheld òg i 2007 begge utsleppsforpliktingane i VOC-protokollen av 1991.
Utsleppa av ammoniakk var i 2007 om lag på same nivå som den norske forpliktinga etter Gøteborgprotokollen, og er venta å endre seg lite fram mot 2010.
Tilførslene av sur nedbør frå Europa er sterkt reduserte dei siste åra, men i dei forsuringsskadde områda i Noreg vil det på grunn av berggrunnsforhold og tidlegare skadar framleis ta lang tid før reduksjonar i tilførsler gir betre vasskvalitet. Kalking er eit langsiktig avbøtande tiltak som held ved lag det biologiske mangfaldet i forsura vassdrag, og har blant anna ført til at laksebestanden er bygd opp att i mange forsuringsskadde vassdrag. Det føregår no kalking i 24 laksevassdrag og i om lag 3 000 lokale prosjekt, hovudsakeleg i Sør-Noreg.
Noreg skal føre vidare den aktive medverknaden i det internasjonale samarbeidet om forsking, utgreiing og kartlegging av miljøproblem som skuldast langtransportert luftforureining. Dette arbeidet vil leggje grunnlag for forhandlingar om moglege nye protokollar under Konvensjonen om langtransportert grensekryssande luftforureining. I arbeidet med å revidere Gøteborgprotokollen vil Regjeringa leggje vekt på å utvikle ein ny effektbasert avtale. Landa bør ta på seg forpliktingar som fører til at utsleppa som bidreg til overskriding av kritiske belastningsgrenser blir reduserte på ein effektiv måte. Regjeringa arbeider innafor FNs sjøfartsorganisasjon IMO for å utvikle eit meir effektivt regelverk for å redusere utsleppa til luft frå sjøfarten, og i mars 2008 vart det semje om ei løysing med nye og strengare krav til utslepp av svovel, NOx, VOC og partiklar.
Lokal luftkvalitet
Den lokale luftkvaliteten i Noreg er jamt over god. Men i nokre byar og tettstader kan lokal luftforureining i periodar gi betydelege helse- og trivselsproblem. Svevestøvkonsentrasjonane overskrid det nasjonale resultatmålet i fleire norske byområde. Overskridingane skjer i hovudsak langs dei mest trafikkerte vegane. Sjølv om svevestøvnivåa vil bli reduserte fram mot 2010, vil det likevel vere vanskeleg å nå målet som gjeld for 2010 utan nye tiltak eller auka styrke på eksisterande tiltak.
Konsentrasjonane av svoveldioksid og benzen i by- og tettstadluft vil truleg vere innafor dei nasjonale måla i 2010.
Vegtrafikk er den største kjelda til lokal luftforureining. Utsleppa frå kvart køyretøy minkar merkbart som følgje av strengare krav internasjonalt og i Noreg, men aukande trafikkmengd verkar motsatt veg, slik at nettoreduksjonane ikkje blir så store. Utsleppa av både nitrogenoksid og svevestøv frå vegtrafikken gjekk ned med 45 pst. frå 1990 til 2006. Fyring med ved er òg ei vesentleg kjelde til svevestøvforureininga, særleg på kalde dagar. Utsleppa frå vedfyring er reduserte med om lag 13 pst. frå 1990 til 2006.
Forureiningsforskrifta gjer kommunane til forureiningsstyresmakt for lokal luft. Det blir arbeidd med oppfølging for å sikre at forskrifta blir etterlevd. Nasjonale verkemiddel er òg knytte til kvaliteten på drivstoff. Noreg implementerer blant anna EU-direktiv på dette området. I samarbeid med aktuelle styresmakter bli det utarbeidd ein handlingsplan for å betre den lokale luftkvaliteten. Eksisterande tiltak og verkemiddel kan bli styrkte, og/eller nye tiltak og verkemiddel innførte.
Støy
Støy er eitt av dei miljøproblema som rammar flest menneske i Noreg. Rundt 1,7 millionar personar er utsette for støy over 50 dB ved bustaden sin. Støy frå samferdsel utgjer opp mot 90 pst. av den kartlagde støyplaga, og vegtrafikken står åleine for nærare 80 pst. I perioden 1999-2006 vart det målt ein auke av den samla støyplaga på omkring 3 pst., i hovudsak på grunn av veksande vegtrafikk og auka busetjing i trafikkerte område.
Regjeringa presenterte ein handlingsplan mot støy for perioden 2007-2011 i St. meld nr. 26 (2006-2007) Regjeringens miljøpolitikk og rikets miljøtilstand. Denne planen legg føringa for støyarbeidet dei næraste åra.
4.5 Internasjonalt samarbeid og miljø i nord- og polarområda
Stadig fleire avgjerder som er viktige for den norske miljøtilstanden og den norske miljøpolitikken blir tekne utafor landets grenser. Samtidig er dei alvorlegaste miljøutfordringane globale. Derfor er det naudsynt å styrkje det forpliktande internasjonale samarbeidet både i og utafor organisasjonar som har miljø som hovudoppgåve. Det er viktig å sjå dei internasjonale utfordringane samla fordi dei heng saman innbyrdes. Omsynet til å oppfylle og vidareutvikle internasjonale plikter i miljøavtaler har høg prioritet. Dette gjeld særleg innafor klima, biologisk mangfald og miljøgifter, og det vil vere eit viktig samarbeidsområde både i internasjonale organisasjonar og i høve til samarbeidslanda våre.
Samarbeid i internasjonale organisasjonar på miljøområdet
EU er vår viktigaste samarbeidspartnar på miljøområdet. Det meste av EUs miljølovgiving blir fortløpande gjort gjeldande i Noreg gjennom EØS-avtala. Også i 2008 er ei rekkje nye rettsakter på miljøområdet innlemma i EØS-avtala. Regjeringa legg stor vekt på å kunne medverke til utforminga av regelverk og gjere norsk syn gjeldande tidleg på område som er særs viktige for Noreg, som klima, kjemikaliar, hav og luftforureining. Miljøforvaltninga vurderer fortløpande rettsutviklinga på naturvernområdet i EU, i tråd med Soria Moria-erklæringas mål om å følgje opp gode miljøinitiativ frå EU og ta i bruk det beste i EUs miljølovgiving, også der det ikkje er omfatta av EØS.
Miljø og kulturarv er dei viktigaste satsingsområda i vårt bilaterale og regionale miljøsamarbeid gjennom EØS-midlane. Miljøverndepartementet legg vekt på politisk dialog med dei nye EU-landa, og vil medverke til auka bilateral kontakt mellom nasjonale og lokale styresmakter i Noreg og dei nye EU-landa.
For Noreg er det nordiske samarbeidet særleg viktig, blant anna i arbeidet med å påverke internasjonale regelverk på sentrale område som hav, vatn og kjemikaliar. I tillegg er det gitt høg prioritet til samarbeidet om klimaspørsmål. Oppfølginga av Nordisk strategi for klima og miljøgifter i Arktis har òg vore ein prioritert oppgåve.
I perioden 2008-2009 har FNs Kommisjon for berekraftig utvikling (CSD) hatt hovudfokus på arealforvaltning, tørke, Afrika, jordbruk, utvikling på landsbygda og forørkning. I 2008 vart det gjort ein statusgjennomgang på området. Forhandlingar vil gå føre seg i 2009. Noreg arbeidde aktivt for å få belyst samanhengar mellom arealbruk og biobrensel, og fremja forslag om at det bør utviklast internasjonale kriterium for biobrensel. Frå norsk side vil det bli lagt vekt på å bruke CSD til å vise at det er mogeleg både å fremje vekst og motverke fattigdom utan å ofre miljøet. Ei langsiktig positiv utvikling krev at miljøet blir teke vare på.
OECD har vedteke ein miljøstrategi for perioden 2000-2010 med målsetjingar for miljøpolitikken i OECD-landa og nasjonale tiltak for å nå desse. OECD la i 2008 fram ein ny Environmental Outlook 2030 som legg grunnlag for det vidare arbeidet, blant anna med omsyn til integrering av miljø i utviklingspolitikken og i handelssamanheng. OECD har særleg gjort viktig arbeid rundt kostnadene ved ikkje å ta miljøomsyn og med bruk av indikatorar for å måle framsteg og betre grunnlaget for avgjersler.
Noreg legg vekt på å styrkje FNs miljøprogram (UNEP) for på sikt å kunne oppgradere UNEP til ein særorganisasjon under FN og styrkje UNEPs rolle som FNs sentrale miljøautoritet og premissleverandør i globalt miljøarbeid. Miljøverndepartementet vil òg oppretthalde ei aktiv rolle i arbeidet med god organisering av miljøomsyna på globalt nivå, særlig innan FN-reform. UNEPs nye strategi for perioden 2010-2013 har fokus på klima, forvaltning av økosystem, kjemikaliar og farleg avfall, naturkatastrofar og konfliktar, miljøstyresett og effektiv ressursutnytting og berekraftig produksjon og forbruk.
Det globale miljøfondet (GEF) er den sentrale finansieringsmekanismen for dei globale miljøkonvensjonane. Det er viktig å arbeide for ei styrking og vidareutvikling av GEF som støttar opp under måla i miljøkonvensjonane, og søkje å bringe inn større midlar frå andre kjelder. Tiltaka som blir sette i verk under ei avtale bør òg ha positiv verknad for dei andre avtalene.
Andre avtaler, organisasjonar o.a. som har stor betyding for miljøet
Regjeringa vil arbeide for å fremje eit internasjonalt handelsregime der omsyn til miljø, faglege og sosiale rettar, mattryggleik og utvikling i fattige land skal tilleggjast avgjerande vekt. Regjeringa arbeider derfor for å få ein god miljøprofil i den pågåande forhandlingsrunden i WTO, og arbeider med å vidareutvikle frihandelsavtalene som bidrag til det overordna målet om berekraftig utvikling, under dette den kommande avtala med Kina. Det er viktig å sikre at ikkje utviklinga i regelverket avgrensar nasjonale miljøtiltak og verkemiddel i praksis.
Noreg legg vekt på å trekkje nasjonalt og internasjonalt næringsliv sterkare med for å løyse globale miljøproblem. Regjeringa ønskjer å styrkje det internasjonale og nasjonale arbeidet med å fremje meir samfunns- og miljøansvar i næringslivet, særleg for selskap som opererer i land eller regionar der regelverk ikkje finst eller svakt utforma.
Verksemda i multilaterale organisasjonar som ikkje har miljø som hovudfokus kan ha betydelege effektar for miljøtilstanden og dermed også for måloppnåing under miljøkonvensjonane. FAO-avtala for plantegenetiske ressursar for mat og landbruk vil til dømes vere eit viktig bidrag til bevaring og berekraftig bruk av desse ressursane i tråd med Biodiversitetskonvensjonen (CBD). Svalbards globale frøbank opna i 2008, og vil gi sikker bevaring av landbruksfrø frå heile verda for lang tid framover og støtte opp om målsetjingane både i CBD og FAO-avtala.
Geografisk retta miljøsamarbeid
Noreg har særskilte avtaler om miljøsamarbeid med Sør-Afrika, Kina, Indonesia og India. Eit samarbeid med Sør-Korea vart inngått sommeren 2008. Desse landa er alle viktige for utviklinga i den globale miljøtilstanden. Samarbeidsavtalene blir nytta til politisk og strategisk dialog i tillegg til gjennomføringa av konkrete miljøtiltak. Dialog og samarbeid om klimaspørsmål er særs høgt prioritert. Noreg støttar òg fleire miljøprosjekt i dei tidlegare sovjetrepublikkane og på Balkan.
Regjeringas mål er at Noreg skal bli leiande på miljøretta bistand. God miljøforvaltning er avgjerande for å løyse fattigdoms- og utviklingsproblema verda står overfor. Styrking av samarbeidslandas kapasitet til å ta vare på både langsiktige omsyn til miljøet og dei internasjonale forpliktingane dei har er òg ei sentral målsetjing i Regjeringas handlingsplan for miljøretta utviklingssamarbeid. Handlingsplanen har fire satsingsområde: Biologisk mangfald og naturressursar, vatn og sanitær, klimaendringar og tilgang til rein energi, og miljøgifter. I mange utviklingsland er det store utfordringar knytte til forvaltninga av petroleumsressursar. Regjeringas program Olje for Utvikling skal medverke til god ressursforvaltning innafor petroleumssektoren, og ei finansforvaltning og eit styresett som medverkar til brei utvikling og til å ta miljøomsyn. Regjeringa har òg sett i gang ei eiga satsing for å fremje energieffektivitet og fornybare energikjelder i utviklingssamarbeidet.
Miljøsamarbeid i nord- og polarområda
Noreg skal vere den fremste forvaltaren av miljø og naturressursar i nordområda. Det blir stilt strenge miljøkrav til all verksemd og set rammer som sikrar at dei unike natur- og kulturmiljøa blir verna mot negativ påverknad og tekne vare på for framtidige generasjonar. Noreg skal òg vere i front internasjonalt når det gjeld utvikling av kunnskap om, for og i nordområda. Kunnskap er navet i nordområdestrategien, med direkte forgreiningar til miljøforvaltning, ressursutnytting og verdiskaping. Vi har behov for kunnskap for å kunne møte dei utfordringane vi står overfor i nord. Regjeringa vil òg styrkje internasjonalt samarbeid for å redusere miljøbelastninga i nordområda.
Barentsregionen og den arktiske regionen
Noreg har formannskapet i Arktisk Råd. Samarbeid om oppdatering av konsekvensane og utfordringane ved venta klimaendringar i Arktis, jf. ACIA-rapporten, og ei felles tilnærming til ei heilskapeleg økosystembasert ressursforvaltning står sentralt i det norske formannskapet. Noreg har initiert eit prosjekt om klimaendringar og kryosfæren (snø, vatn, is og permafrost) og eit prosjekt om økosystembasert ressursforvaltning. Forvaltningsplanen for Barentshavet er brukt som eit døme i denne samanhengen. Noreg spelar ei viktig rolle i Arktisk Råds miljøovervakingsprogram (AMAP), deltek i samarbeidsprosjekt i forhold til Arktis og Russland og i det marine programmet for Arktis (PAME).
Noreg bidrar òg med årlege løyvingar til miljøpartnarskapen Northern Dimention Enviroment Programme (NDEP) i EUs arbeid med Den Nordlege Dimensjon.
Noreg har leiinga av Barentsrådets miljøarbeidsgruppe fram til hausten 2009. Arbeid med reduksjon av utslepp av miljøgifter og klimagassar frå dei store forureiningskjeldene i Nordvest-Russland (hot-spots), klimaendringar og bevaring av biologisk mangfald i regionen har prioritet.
Havmiljøsamarbeidet er spesielt høgt prioritert i det bilaterale arbeidet i regi av den norsk-russiske miljøvernkommisjonen. Ei eiga havmiljøgruppe skal medverke til auka samarbeid om økosystembasert forvaltning av Barentshavet. Mellom anna vil det i 2009 bli utarbeidd ein felles norsk-russisk miljøstatusrapport for heile Barentshavet, som eit grunnlag for vidare samarbeid.
Vern og forvaltning av biologisk mangfald i Barentsregionen, reduksjon av forureining, reinare produksjon, grensenært samarbeid, kulturminnevern og forvaltning av verneområde på arktiske øygrupper er dei andre hovudsatsingsområda for det bilaterale miljøvernsamarbeidet med Russland.
Norilsk Nikel-konsernet arbeider vidare med å modernisere verksemda på Kolahalvøya. Konsernet har bekrefta at eit briketteringsanlegg for nikkelmalm blir bygd i Zapoljarny, og det skal etter planen stå ferdig i 2009. Framtidig lokalisering av smelteverket er derimot ikkje avgjort. Selskapet er gjort kjent med at den norske økonomiske støtta gjeld modernisering av smelteverket i Nikel og krev reduksjon av forureininga der, innafor det tidsrommet avtalene gjeld, dvs. ut 2010.
Svalbard
Norske styresmaktar har som mål at Svalbard skal bevarast som eitt av dei best forvalta villmarksområda i verda.
Omfanget av samanhengande villmarksområde på Svalbard skal søkjast oppretthalde. Eit representativt utval av natur og marine naturverdiar skal sikrast mot vesentlege inngrep og påverknad, og eit representativt utval av kulturminne på Svalbard og Jan Mayen skal søkjast bevart. Transport og ferdsel på Svalbard skal ikkje medføre vesentlege eller varige skadar på vegetasjon eller forstyrre dyrelivet.
Dei siste åra er det oppretta seks nye verneområde som sikrar nokre av dei biologisk mest produktive landområda, og nye sjøområde er inkluderte i verneområda etter utvidinga av territorialgrensa. Til saman er om lag 65 pst. av landområda og 84 pst. av territorialfarvatna verna.
Ei rekkje dyrebestandar som tidlegare var truga er no gjennom vernetiltak restituerte eller i vekst. Det er utarbeidd nye reglar for å hindre at fiske påverkar bestandane av svalbardrøye, som frå tidlegare er kraftig nedfiska i fleire av vassdraga.
Ferdsel frå turistar og fastbuande har auka dei siste åra. Cruiseturismen har i aukande grad teke i bruk fjerntliggjande område nord og aust på Svalbard. I 2007 vart det innført krav til drivstoffkvalitet og avgrensingar i talet på passasjerar for skip innafor dei store naturreservata aust på Svalbard. For å sikre naturreservata i aust som urørt referanseområde for klima- og miljøforsking, arbeider styresmaktene no med forslag til nye avgrensingar for kor turistar kan gå i land innafor desse naturreservata.
Miljøet på Svalbard blir òg påverka av endringar i klima og langtransportert forureining. Det er venta at temperaturane i Arktis vil stige dobbelt så raskt som det globale gjennomsnittet. Dersom bre- og issmeltinga held fram som no, kan konsekvensane for miljøet bli alvorlege, særleg for arter knytte til havisen, som sel og isbjørn. Den raske smeltinga av havis, brear og permafrost i Arktis vil kunne forsterke den globale oppvarminga, og såleis få alvorlege følgjer òg for resten av verda.
Det har vore ein markant reduksjon i tilførsel av særleg svovelsambindingar til Svalbard dei siste åra. Tilførsler av «gamle» miljøgifter som PCB og DDT synest òg å vere noko reduserte dei siste åra. Nivåa av PCB i isbjørn, sel og polarmåke ved Svalbard er likevel framleis blant dei høgaste i Arktis. Vidare viser målingar at førekomsten av kvikksølv i planter og dyr aukar i Arktis. Det er òg registrert fleire «nye» miljøgifter i Arktis, for eksempel bromerte flammehemmarar.
Kunnskap frå Svalbard-området er viktig både for å forstå klimaproblema og for det norske arbeidet med å styrkje dei internasjonale avtalane som gjeld klima og langtransportert forureining. Norske styresmakter vil derfor utvikle Svalbard vidare som ein plattform for internasjonal miljø- og klimaforsking, og sikre Svalbards kvalitetar som eit urørt referanseområde for slik forsking.
Den klima-, polar- og isbrefaglege kompetansen Norge har skal styrkjast, spissast og utviklast vidare innafor rammene av eit nasjonalt «Kompetansesenter for is og klima». I 2009 vil oppbygginga av kompetansesenteret starte med kjerne i Norsk Polarinstitutt og i samarbeid med sentrale faginstitusjonar i Noreg. Senteret skal styrkje Noregs posisjon som ein aktiv og synleg part i det internasjonale klimaarbeidet. Kompetansesenteret skal òg vere eit viktig norsk bidrag til eit samarbeid med verdas «brestatar» for å auke forståinga av dynamikken i – og konsekvensen av – bresmeltinga som følgje av klimaendringane. I IPCCs scenarium er det store kunnskapshol på desse områda.
Det er oppretta eit miljøvernfond for Svalbard som skal tildele midlar til miljøvernprosjekt etter søknad. Miljøgebyr for reisande til Svalbard er hovudinntektskjelda til fondet, som vart fullt operativt i 2008.
India etablerte ein forskingsstasjon i Ny-Ålesund sommaren 2008 og ein norsk-indisk avtale om klima og polarforskingssamarbeid vart underskriven mellom Norsk Polarinstitutt og ein tilsvarande indisk institusjon. Ny-Ålesund-symposiet er etablert som eit årleg arrangement for å sette auka fokus på problemstillingar i nord og styrkje samarbeidet mellom næringsliv, forskarar og styresmakter, og NGOar på tvers av land.
Antarktis
Noreg har godkjent vedlegget til miljøprotokollen under Antarktis-traktaten som regulerer ansvaret for miljøskade i Antarktis. Vedlegget vil no bli implementert i vår eiga forskrift om vern av miljøet i Antarktis. I samarbeidet under Antarktistraktaten er det auka fokus på klimaendringar og på den veksande cruiseturismen. Gjennom fleire resolusjonar er det lagt opp til tiltak som skal avgrense dei negative effektane på miljøet av den aukande turismen.
Radioaktiv forureining
Konsentrasjon av radioaktivt cesium i vegetasjon på utmarksbeite går svært langsamt nedover. Sjølv over 20 år etter Tsjernobyl-ulykka blir det gjennomført årlege tiltak i Noreg for å redusere innhaldet i kjøtt og mjølk frå utmarksbeitande dyr.
Noreg har dei siste åra lagt vekt på samarbeid med og støtte til russiske tilsynsstyresmakter i arbeidet med radioaktivitet i Nordvest-Russland. Noreg legg vekt på at miljøkonsekvensvurderingar må vere gjennomførte før ulike tiltak blir sette i verk, og at arbeidet blir planlagt slik at risikoen blir så liten som råd er. Det er viktig å bidra til kompetanseoverføring som set Russland i stand til sjølv å handtere utfordringane på grunnlag av best tilgjengeleg kunnskap og teknologi. Noreg arbeider for brei internasjonal deltaking i dette arbeidet, og for å spreie kunnskap om problem og løysingar.
Utsleppa av technetium-99 frå Sellafield vart betydelig reduserte i 2004. Som ein følgje av dette er det venta ytterlegare nedgang i konsentrasjonane av technetium-99 langs norskekysten i åra som kjem, og konsentrasjonane ligg monaleg under toppverdiane frå 1999-2001. Norske styresmaktar arbeider no for at britane stansar reprosesseringsanlegget THORP for godt, for å redusere risikoen for større, akutte utslepp av radioaktive stoff frå Sellafieldanlegget som kan påverke norske område.
Gjennom det nasjonale overvakingsprogrammet for radioaktiv forureining held norske styresmakter seg fortløpande orienterte om den radioaktive forureininga av norske land- og sjøområde. Det er òg etablert eit samarbeid med Russland om overvaking av radioaktiv forureining i dei nordlege havområda, slik at norske styresmakter no får informasjon om tilstanden også i russisk sone.
Miljøverndepartementet har ansvar for radioaktiv forureining av det ytre miljøet i form av utslepp og radioaktivt avfall frå kjelder i Noreg. Statens strålevern er departementets fagorgan på dette området. Arbeidet med radioaktiv forureining frå norske kjelder skal styrkjast betydeleg med hovudvekt på utslepp frå petroleumssektoren, forureining frå gamle gruver og kartlegging av radioaktivt avfall. Det er avdekt stor kunnskapsmangel på området som krev styrkt kartlegging, utgreiing, overvaking og forsking. Det er òg lagt opp til ei fagleg og økonomisk styrking av Statens strålevern og innføring av eit betre regelverk for å handtere radioaktiv forureining.
4.6 Planlegging for ei berekraftig utvikling
Ein føresetnad for berekraftig samfunnsutvikling er samordning på tvers av sektorinteresser og forvaltningsnivå. Planlegging etter plan- og bygningslova er eit sentralt verkemiddel for å oppnå slik samordning.
Kommuneplanar og kommunal arealplanlegging
Behovet for samla styring og samordning i kommuneplanar aukar i takt med at oppgåver blir delegerte til kommunane. Det er blant anna naudsynt å sjå næringsutvikling og verdiskaping, areal- og miljøforvaltning, levekår, folketalsutvikling og kommunal tenesteyting i nær samanheng. Mange kommunar driv eit aktivt utviklingsarbeid innafor miljø- og samfunnsplanlegging. Miljøverndepartementet deltek i eit samarbeid med KS om læring og oppfølging av kommunane blant anna gjennom programmet Livskraftige kommunar – kommunenettverk for miljø og samfunnsutvikling. Talet på blant anna reguleringsplanar og kommuneplanar viser at eit stort fleirtal av kommunane har ei aktiv kommuneplanlegging både for arealbruken og den langsiktige samfunnsutviklinga.
Viktige konfliktspørsmål knytt til arealbruken kjem ofte opp i kommuneplanens arealdel. Dei viktigaste grunngivingane for motsegner gjeld naturvern-, friluftsliv- og landskapsinteresser, utbyggingsmønster, strandsone, jord- og skogbruk og kulturminne. I reguleringsplanane er i tillegg forureining/støy og transport viktige tema. Dei fleste motsegnene blir løyste lokalt. Talet på saker Miljøverndepartementet behandlar er nokså stabilt frå år til år. Nasjonale retningslinjer for gjeldande arealpolitikk er gitt i St. meld. nr. 21 (2006-2007) Regjeringens miljøpolitikk og rikets miljøtilstand.
Kommunane har eit stort ansvar for å sikre ei samordna arealforvaltning som tek vare på natur- og kulturmiljø, landskap og kvalitetar i miljø med busetnad. Klimatilpassing og areal- og transportpolitikk som bidrar til å redusere klimautsleppa er sentrale tema i planlegginga. Regjeringa legg stor vekt på at strandsona skal bevarast som verdifullt natur- og friluftsområde med god tilgang for allmenta. Fjellområda skal forvaltast som landskap der kultur- og naturressursar, næringsutvikling og friluftsliv blir sikra og utfyller kvarandre. Landskapsverdiane skal få auka fokus, og leveområda for villrein skal sikrast.
Regjeringa ser kommunal planlegging som viktig for å løyse dei langsiktige utfordringane som er knytte til blant anna bruk og utnytting av fjellområda våre. Når det gjeld dispensasjonar i strandsona, både i og utafor byggjeområde, syner rapporteringa at det i 2007 vart gitt om lag 767 slike dispensasjonar innafor 100-meterbeltet mot sjø – mot 808 i 2006 og om lag 1000 i 2005. Tala syner behov for fortsett skarpt fokus på nedbygging av strandsona, særleg i område med stort byggjepress og viktige natur- og friluftsområde langs sjøen. Regjeringa vil leggje fram statlege planretningslinjer for differensiert strandsoneforvaltning i 2009.
Byar og tettstader
Som oppfølging av klimameldinga har Regjeringa invitert 13 av dei største byane til eit samarbeid om programmet «Framtidas byar». Alle byane ønskte å vere med, og ein intensjonsavtale om samarbeidet er underteikna. Programmet har som føremål å redusere klimagassutsleppa i byane, som særleg kjem frå vegtransport, oppvarming, forbruk og avfallsbehandling. Også tilpassing til klimaendringane og forbetring av bymiljøet står sentralt.
Innsatsen i programmet for Alna og grønstruktur i Groruddalen aukar i 2009. Dette er eit av fire satsingsområde i eit omfattande samarbeidsprosjekt med Oslo kommune om å betre miljøet i Groruddalen.
Bymiljøprisen, som vart delt ut første gongen i 2002, vil bli ført vidare som eit ledd i å synleggjere ein miljøretta bypolitikk. I 2008 er tema for prisen «Klima og bymiljø». Prisen er tildelt Trondheim kommune for arbeidet med å redusere klimagassutsleppa, blant anna gjennom bruk av restriktive tiltak for å avgrense biltrafikken
For å styrkje kunnskap og kompetanse om tettstadutvikling, har Miljøverndepartementet i 2008 mellom anna oppretta ein nettportal for tettstadutvikling. Saman med andre partar har departementet gjennomført regionale og landsomfattande konferansar for kommunar og fylke.
Regionale planar
Ei rekkje verne- og utviklingsoppgåver må løysast i samarbeid med kommunane. I samsvar med St. meld. nr. 26 (2006-2007) Regjeringens miljøpolitikk og rikets miljøtilstand har Miljøverndepartementet stimulert til utarbeiding av fylkesdelplanar for nasjonale villreinområde. I alt åtte fylkeskommunar er i gang, og det er etablert eit felles forum for dette planarbeidet. I samarbeid med Olje- og energidepartementet vil Miljøverndepartementet stimulere til at det blir utarbeidd regionale planar for vindkraft- og småkraftverk.
Revisjon av plan- og bygningslova
Miljøverndepartementet la våren 2008 fram ein odelstingsproposisjon for ny plan- og bygningslov. Lova vart vedteken av Stortinget 5. juni 2008, og er venta sett i verk frå 1. juli 2009. Våren 2009 er det planlagt eit vegleiingsprogram for kommunar, fylke og andre aktørar som deltek i planlegging etter lova.
Universell utforming
Universell utforming av transport, bygg, uteområde, IKT mv. skal sikre tilgjenge for alle menneske i ulike situasjonar og fasar i livet. Miljøverndepartementet førebur rikspolitiske retningslinjer for dette arbeidet, og omsynet til universell utforming er styrkja i samband med revisjon av plandelen i plan- og bygningslova. Pilotkommunar i fleire fylke utviklar universell utforming som kommunal strategi. Dei arbeider bl.a. med by- og tettstadsutvikling, auka tilgjenge til offentlege bygningar, friluftsliv og kulturminne. Kommunane og fylkeskommunane rapporterer om universell utforming gjennom KOSTRA frå 2007.
Kart og geodata
Det er ei overordna målsetjing at landet skal ha ein tenleg infrastruktur med tilgjengeleg geografisk informasjon om sjø- og landområde. Innafor arealpolitikken er det sentralt å skaffe fram god informasjon om arealas tilstand, før framtidig bruk blir planlagt. EU har no vedteke nye retningslinjer for etablering av miljøinformasjon, det såkalla Inspire-direktivet. Direktivet er relevant og akseptabelt for Noreg, og vil bli innarbeidd i norsk rett og gi føringar for vidare etablering av geografisk informasjon.
Bruk og tilgjenge, Noreg digitalt
Geodata er eit verkemiddel for at kommunar og forvaltning skal oppnå effektiviseringsgevinstar og betre resultat. Det er derfor viktig å få på plass og ta i bruk aksepterte nasjonale og internasjonale standardar for felles bruk av geografiske data. Noreg medverkar aktivt til den internasjonale standardiseringa, og fleire norske løysingar blir brukte som modell. Statens kartverk har ei viktig og sentral rolle i dette arbeidet.
Noreg digitalt er eit samarbeid mellom kommunar og statlege etatar, i tillegg til tele- og energiselskap med leveringsplikt, om etablering, drift, vedlikehald og distribusjon av geografiske data. Samarbeidet om Noreg digitalt gjer at arealdata, ressursdata, miljødata og plandata kan inngå i ein felles geografisk infrastruktur. Retningslinjene for samarbeidet vart streka opp i St.meld. nr. 30 (2002-2003) «Norge digitalt» – et felles fundament for verdiskaping, som departementet har vidareført. Samarbeidet har vorte særs viktig for offentleg innsamling, utveksling og bruk av geodata. Over 550 ulike partar er med i samarbeidet. Det er eit mål at alle kommunane og alle statlege etatar som har behov for geodata tek del i Noreg digitalt. Dette målet reknar ein med blir oppfylt i 2009, med over 600 deltakande partar i samarbeidet.
Satellittbasert stadfesting (koordinatbestemming)
All privat og offentleg oppmåling, kartlegging og navigasjon føreset ein korrekt kartreferanse. Til no har ikkje grunnlaget vore så nøyaktig og påliteleg som dei nye satellittbaserte løysingane krev. Arbeidet til Statens kartverk kan grovt delast i fire delar: Vitskaplege målingar for overvaking av klima og andre globale endringar, ei nasjonal overvakingsteneste for høg grannsemd ved bruk av internasjonale satellittsystem, nytt landsnett for bruk av satellittdata saman med kart, og nytt høgdegrunnlag. Statens kartverk sluttførte målearbeidet for nytt landsnett i 2007. Berekningar er no gjort, men mange kommunar har sjølve noko arbeid å gjere før dei kan ta grunnlaget i bruk i eigne kart. Høgdemåling i Noreg er framleis basert på grunnlag frå 1950-talet. Statens kartverk arbeider med sikte på at nytt høgdegrunnlag tilpassa bruk av satellitteknologi kan vere på plass innan 2009.
Infrastruktur av nasjonale geografiske databasar, eigedomsdata, trykte og digitale kart
Etableringa med landsdekkjande geodata er eit omfattande arbeid. I 2008 er heile kysten dekt med elektroniske sjøkart tilpassa satellittbasert navigasjon for alle viktige farleier. Dette er eit resultat av fleire års forsert sjøkartlegging, og er eit stort framsteg for norsk skipsfart. Det er no mogleg å vri innsatsen meir over på andre viktige oppgåver i Statens kartverk som har vore nedprioriterte under forseringsprogrammet. Regjeringa vil særleg prioritere arbeidet med det offisielle eigedomsregisteret, Matrikkelen, og iverksetjinga av ny lov om eigedomsregistrering. Ei viktig oppgåve for Statens kartverk vil vere å yte fagleg støtte til kommunane.
Det er ikkje venta at Noreg vil vere dekt med digitale kartdata på land før tidlegast i 2015. I 2008 er noko over 50 pst. av denne dataetableringa fullført. Areal i byar og tettstader er i hovudsak dekt. Det er samtidig ei stor utfordring å halde dei områda som er dekte oppdaterte med nye data. Arbeidet med landkartlegginga vil få auka fokus.
Frå 2008 vil Statens kartverk vere tinglysingsstyresmakt for heile landet. Arbeidet med tinglysinga i Kartverket sorterer under Justisdepartementet. Miljøverndepartementet og Justisdepartementet samarbeider om ei framtidig løysing for styringa av tinglysinga. Denne vil bli presentert for Stortinget i 2010-budsjettet.
4.7 Tverrgåande verkemiddel og oppgåver
Det er ei viktig oppgåve for miljøforvaltninga å innrette verksemda slik at måla i miljøpolitikken blir nådde. Styrings- og kostnadseffektivitet skal vere grunnleggjande for valet av verkemiddel. Miljøomsyn skal integrerast i alle sektorar av samfunnet. Kunnskap, informasjon og kommunikasjon skal medverke til å styrkje forståinga av miljøspørsmåla og til at avgjerder som påverkar miljøet blir tekne på grunnlag av best tilgjengelege kunnskap.
Resultatområdet omfattar oppgåver og verkemiddel som går på tvers av resultatområda 1-6, og innverkar dermed på resultatoppnåinga på alle dei andre områda.
Styring og administrasjon
Det er utarbeidd eit overordna plan- og styringsdokument og eit heilskapeleg system for styring, prioritering og måling og oppfølging av resultat i miljøforvaltninga. Systemet dekkjer alle nivå og alle formål. Departementet arbeider med å innarbeide risikoanalyse som ein integrert del i mål- og resultatstyringssystemet, og fleire risikoanalysar er gjennomførte i 2007 og 2008. Tiltak for ytterlegare effektivisering og forenkling av arbeidet i miljøforvaltninga er under jamleg vurdering.
Miljøverndepartementet vil ha fokus på kompetanseutvikling og rekrutteringsstrategi, og setje i verk konkrete tiltak knytte til dette. Det blir arbeidd fortløpande med å vidareutvikle sentrale personalpolitiske område som livsfasepolitikk, inkluderande arbeidsliv, mobilitet, likestilling og medbestemming. Vidareføring av Grøn stat er ein del av Handlingsplanen for miljø- og samfunnsansvar i offentlege anskaffingar. Handlingsplanen blir følgt opp gjennom å integrere miljøleiing i departementets system for verksemdsplanlegging og gjennom ISO 14001-sertifisering. I 2008 vart departementet resertifisert etter å ha hatt systemet i drift i tre år. Beredskapsarbeidet er følgt opp gjennom årlege revisjonar av planverk og gjennomføring av fleire beredskapsøvingar for departementet og etatane. I tillegg deltek departementet på eksterne øvingar som omfattar ansvarsområda våre. Direktoratet for sikkerhet og beredskap (DSB) hadde i 2008 tilsyn med beredskapsarbeidet i Miljøverndepartementet. Krav og pålegg frå dette tilsynet vil bli følgt opp.
I tildelingsbreva har departementet følgt opp initiativet frå Fornyings- og administrasjonsdepartementet og bede etatane gjennomføre systematiske brukarundersøkingar som òg skal gjerast allment tilgjengelige. Fleire av etatane rapporterer om gjennomførte eller planlagde undersøkingar mot viktige samarbeidspartnarar og brukarar. Nokre eksempel er periodiske omdømmeundersøkingar, befolkningsundersøkingar når det gjeld kunnskap – mellom anna om farleg avfall, miljømerking og klimakvoter, undersøkingar om tilgjenge- og formidlingsaspektet på websider, nettstader etc.
Den regionale miljøforvaltninga er lagt til fylkesmennene, som skal sjå til at nasjonale miljømål blir omsette til regionale og lokale mål og tiltak. Fylkesmannen har ei sentral rolle i samband med samarbeid og samordning med andre sektorar og forvaltar dessutan delar av lovverket på miljøområdet. Fylkesmannens oppgåver skal vere i samsvar med Regjeringas prioriteringar. Samla sett er innsatsen i miljøavdelingane ved fylkesmannsembeta retta mot dei fleste av resultatområda under Miljøverndepartementet. Vi viser elles til Fornyings- og administrasjonsdepartementets budsjett.
Sektorovergripande arbeid
Departementet har ansvar for å slå fast mål for god miljøtilstand og foreslå tiltak som er naudsynte for å hindre eller rette opp skadeleg påverknad av miljøtilstanden. Kunnskap blir henta inn gjennom miljøovervaking, forsking og rapportering, i samarbeid med relevante sektorar. Miljøforvaltninga har sjølv omfattande program for overvaking av naturen. Vi har òg ansvar for dokumentasjon og kvalitetssikring av norske miljødata, og det er lagt opp til ei systematisk rapportering og dokumentasjon av resultata av Regjeringas samla miljøpolitikk. Departementet samarbeider med Noregs forskingsråd for å sikre ein målretta kunnskapsproduksjon, og legg stor vekt på ei god formidling av nye resultat.
Miljøprofilen i statsbudsjettet blir omtalt i Miljøverndepartementets budsjettproposisjon. Status i miljøpolitikken blir omtalt i stortingsmeldinga om Regjeringas miljøpolitikk og rikets miljøtilstand, som sidan 1999 har vore lagt fram annakvart år. Førre melding vart lagt fram våren 2007.
Miljøverndepartementet samarbeider tett med Kunnskapsdepartementet og Utdanningsdirektoratet om det internettbaserte læremiddelet «Nettverk for miljølære». «Nettverk for miljølære» er ein del av den norske oppfølginga av FNs utdanningstiår for ei berekraftig utvikling. «Den naturlege skulesekken» (DNS) skal bidra til å utvikle nysgjerrigheit og kunnskap om naturen, medvit om berekraftig utviking og auka miljøengasjement hos alle elevar og lærarar i grunnskulen. I 2009 blir det sett i gang eit pilotprosjekt med utgangspunkt i tre fylke og 10 kommunar.
Miljøvernepartementet skal gjennom sin kommunikasjon søke å auke interessa for miljøspørsmål og motivere dei ulike sektorane i samfunnet til å ta miljøomsyn. Departementet skal formidle miljøkunnskap til publikum på ein rask, profesjonell og truverdig måte. Verksemda skal være synlig og allment tilgjengelig. Departementet skal vise mest mulig openheit, og yte service til dei som ønsker informasjon om departementets arbeid. Det skal heile tida vere god tilgang til miljøinformasjon. Media og internett er to viktige informasjonskanalar. Store mengder miljøinformasjon er gjort tilgjengelig gjennom nettstadene til miljøforvaltninga.
Den viktigaste målgruppa for departementets kommunikasjon er almenta. Målet er at heile befolkninga skal vite om dei viktigaste avgjerdene som departementet tek. Meir spesifikke målgrupper er dei som blir direkte berørt, så som kommunar, bedrifter, organisasjonar, direktorat og andre departement, både i inn- og utland.
Klimainformasjonskampanjen Klimaløftet koordinerer Regjeringas samla klimainformasjon retta mot folk flest. Det skal setjast i gang ei rekkje felles prosjekt og utviklast omfattande nasjonale informasjonstiltak i tråd med innhaldet i Klimaforliket.
For å bidra til å sikre at miljøinformasjonslova blir overhalden vart det oppnemnt ei eiga uavhengig klagenemnd frå 1. januar 2004. På bakgrunn av ei evaluering av lova vil Regjeringa gjere miljøinformasjonslova og produktkontrollovas reglar om rett til informasjon endå betre kjent.
Det er eit mål å kople økonomisk vekst og miljøbelastningar frå kvarandre. Auke i forbruket set eit stort press på naturressursane. På FN-toppmøtet i Johannesburg vart det sett i gang arbeid med eit 10-års rammeverk med program for berekraftig produksjon og forbruk. Noreg følgjer opp denne internasjonale prosessen, og deltek aktivt i EU og i nordisk samarbeid for å styrkje dette arbeidet. Noreg har, saman med Sveits, utarbeidd ein internasjonal rettleiar for grønare offentlege nyskaffingar, og saman med Frankrike arbeidd for meir berekraftig turisme.
Regjeringa vil leggje til rette for ei tettare kopling mellom forbrukar- og miljøspørsmål, og gjere det enklare å vere miljøvenleg i kvardagen. Regjeringa vil styrkje miljøinformasjonsarbeidet og gjere miljømerka betre kjende i det offentlege.
Regjeringa la i 2007 fram ein handlingsplan for miljø- og samfunnsansvar i offentlege nyskaffingar. Det er eit mål at miljøbelastninga knytt til offentlege nyskaffingar skal minimerast. I arbeidet med miljøomsyn i offentlege innkjøp skal tiltak knytte til klima og energi, helse og miljøfarlege kjemikaliar og biologisk mangfald prioriterast. Handlingsplanen skal medverke til ein effektiv offentleg sektor og eit konkurransedyktig næringsliv. Det er innført ein eigen miljøpolitikk for statlege innkjøp med konkrete krav til statlege verksemder innan prioriterte produktgrupper. Miljøpolitikken er gjort gjeldande frå 1.1.2008. Miljøleiing i statlege verksemder (Grøn stat) er vidareført gjennom handlingsplanen, og miljøpolitikken for statlege verksemder er ein obligatorisk del av miljøleiingsystemet. Verksemder med betydeleg miljøbelastning vil bli bedne om å innføre miljøleiingssystem sertifiserte av tredjepart. Ein rettleiar for grønare leveransekjeder for verksemd i utlandet vil bli utarbeidd for å bistå norsk næringsliv.
På nasjonalt nivå vil Direktoratet for forvaltning og IKT (DIFI) få ei sentral rolle i den operative oppfølginga av handlingsplanen, og i kvart fylke/region vil det bli etablert ei fagleg støtteteneste.
4.8 Miljøverndepartementets budsjett fordelt på resultatområde
Tabell 4.1 viser planlagt disponering av Miljøverndepartementets budsjett innanfor det enkelte resultatområde på tvers av ulike programkategoriar og kapittel. Tabellane inneheld planlagt disponering av budsjetta for 2008 og 2009. Dei endringane som går fram av tabellen er ikkje berre eit resultat av opp- eller nedprioritering, men skuldast òg tekniske endringar.
Miljøverndepartementets budsjett er auka med 24,7 pst. samanlikna med saldert budsjett 2008. Regjeringas største satsingar på Miljøverndepartementets budsjett er innafor resultatområde 1 Naturens mangfald og friluftsliv, under dette ei klar styrking av midlar til forvaltning av verneområde og nytt skogvern. Eit anna viktig satsing er resultatområde 4 Eit stabilt klima og rein luft. Vidare syner budsjettet ei sterk satsing på bevaring av kulturminne og miljøovervaking. Regjeringa foreslår òg auka innsats for å betre miljøet i Groruddalen innafor resultatområde 9 Regional planlegging.
Reduksjonen på resultatområde 3 Reint hav og vatn og eit giftfritt samfunn skyldas tekniske justeringar i budsjettet, bl.a. den eit-årig auking av vrakpanten i 2008 for de mest forurensende dieselkjøretøyene.
I tillegg er det foreslått å auke fondskapitalen i Norsk kulturminnefond med 200 mill. kroner.
Ei nærare omtale av satsingane i budsjettet er gitt i kapittel 2.
Tabell 4.1 Miljøverndepartementets budsjett for 2008 og 2009 fordelt på resultatområde:
(i 1 000 kr) | |||
---|---|---|---|
Resultatområde | Saldert budsjett 2008 | Forslag 2009 | Endring siste år i pst. |
1. Naturens mangfald og friluftsliv | 855 166 | 1 150 444 | 34,5 |
2. Bevaring og bruk av kulturminne | 348 582 | 617 493 | 77,1 |
3. Reint hav og vatn og eit giftfritt samfunn | 565 152 | 533 309 | -5,6 |
4. Eit stabilt klima og rein luft | 174 058 | 266 243 | 53,0 |
5. Internasjonalt miljøsamarbeid og miljø i nord- og polarområda | 210 804 | 191 276 | -9,3 |
6. Planlegging for ei berekraftig utvikling | 416 802 | 514 348 | 23,4 |
7. Tverrgåande verkemiddel og oppgåver | 693 756 | 801 165 | 15,5 |
Sum | 3 276 322 | 4 086 27 | 24,7 |
5 Oversiktstabellar
5.1 Merknader til budsjettframlegget
Regjeringa foreslår ei samla løyving til Miljøverndepartementet på 4 086,3 mill. kroner.
5.2 Utgifter
Utgifter under programkategori 12.10 fordelte på kapittel
(i 1 000 kr) | |||||
---|---|---|---|---|---|
Kap. | Nemning | Rekneskap 2007 | Saldert budsjett 2008 | Forslag 2009 | Pst. endr. 08/09 |
1400 | Miljøverndepartementet | 402 941 | 436 142 | 569 731 | 30,6 |
1410 | Miljøvernforsking og miljøovervaking | 367 476 | 391 518 | 461 676 | 17,9 |
Sum kategori 12.10 | 770 417 | 827 660 | 1 031 407 | 24,6 |
Utgifter under programkategori 12.20 fordelte på kapittel
(i 1 000 kr) | |||||
---|---|---|---|---|---|
Kap. | Nemning | Rekneskap 2007 | Saldert budsjett 2008 | Forslag 2009 | Pst. endr. 08/09 |
1425 | Vilt- og fisketiltak | 70 278 | 76 442 | 78 942 | 3,3 |
1426 | Statens naturoppsyn | 131 320 | 129 109 | 167 755 | 29,9 |
1427 | Direktoratet for naturforvaltning | 674 736 | 657 520 | 914 270 | 39,0 |
Sum kategori 12.20 | 876 334 | 863 071 | 1 160 967 | 34,5 |
Utgifter under programkategori 12.30 fordelte på kapittel
(i 1 000 kr) | |||||
---|---|---|---|---|---|
Kap. | Nemning | Rekneskap 2007 | Saldert budsjett 2008 | Forslag 2009 | Pst. endr. 08/09 |
1429 | Riksantikvaren | 317 761 | 355 146 | 404 260 | 13,8 |
1432 | Norsk kulturminnefond | 236 659 | 43 680 | 243 680 | 457,9 |
Sum kategori 12.30 | 554 420 | 398 826 | 647 940 | 62,5 |
Utgifter under programkategori 12.40 fordelte på kapittel
(i 1 000 kr) | |||||
---|---|---|---|---|---|
Kap. | Nemning | Rekneskap 2007 | Saldert budsjett 2008 | Forslag 2009 | Pst. endr. 08/09 |
1441 | Statens forureiningstilsyn (jf. kap. 4441) | 515 583 | 619 490 | 621 854 | 0,4 |
1444 | Produktregisteret | 16 537 | |||
1445 | Miljøvennleg skipsfart | 2 000 | 2 000 | 3 000 | 50,0 |
1447 | Miljøomsyn i offentlege innkjøp | 4 000 | 8 000 | 100,0 | |
Sum kategori 12.40 | 534 120 | 625 490 | 632 854 | 1,2 |
Utgifter under programkategori 12.50 fordelte på kapittel
(i 1 000 kr) | |||||
---|---|---|---|---|---|
Kap. | Nemning | Rekneskap 2007 | Saldert budsjett 2008 | Forslag 2009 | Pst. endr. 08/09 |
1465 | Statens kjøp av tenester i Statens kartverk | 351 436 | 371 353 | 378 823 | 2,0 |
2465 | Statens kartverk (jf. kap. 5491 og 5603) | 6 672 | 12 000 | 12 000 | 0,0 |
Sum kategori 12.50 | 358 108 | 383 353 | 390 823 | 1,9 |
Utgifter under programkategori 12.60 fordelte på kapittel
(i 1 000 kr) | |||||
---|---|---|---|---|---|
Kap. | Nemning | Rekneskap 2007 | Saldert budsjett 2008 | Forslag 2009 | Pst. endr. 08/09 |
1471 | Norsk Polarinstitutt | 196 933 | 169 422 | 210 738 | 24,4 |
1472 | Svalbard miløvernfond | 1 315 | 8 500 | 11 550 | 35,9 |
Sum kategori 12.60 | 198 248 | 177 922 | 222 288 | 24,9 |
5.3 Inntekter
Inntekter under programkategori 12.10 fordelte på kapittel
(i 1 000 kr) | |||||
---|---|---|---|---|---|
Kap. | Nemning | Rekneskap 2007 | Saldert budsjett 2008 | Forslag 2009 | Pst. endr. 08/09 |
4400 | Miljøverndepartementet | 10 334 | 1 200 | 1 253 | 4,4 |
4410 | Miljøvernforsking og miljøovervaking | 4 000 | 4 000 | 4 000 | 0,0 |
Sum kategori 12.10 | 14 334 | 5 200 | 5 253 | 1,0 |
Inntekter under programkategori 12.20 fordelte på kapittel
(i 1 000 kr) | |||||
---|---|---|---|---|---|
Kap. | Nemning | Rekneskap 2007 | Saldert budsjett 2008 | Forslag 2009 | Pst. endr. 08/09 |
4425 | Refusjonar frå Viltfondet og Statens fiskefond | 72 300 | 76 442 | 78 942 | 3,3 |
4426 | Statens naturoppsyn | 25 688 | 2 261 | 1 138 | -49,7 |
4427 | Direktoratet for naturforvaltning | 17 215 | 15 250 | 15 268 | 0,1 |
Sum kategori 12.20 | 115 203 | 93 953 | 95 348 | 1,5 |
Inntekter under programkategori 12.30 fordelte på kapittel
(i 1 000 kr) | |||||
---|---|---|---|---|---|
Kap. | Nemning | Rekneskap 2007 | Saldert budsjett 2008 | Forslag 2009 | Pst. endr. 08/09 |
4429 | Riksantikvaren | 9 382 | 4 845 | 5 059 | 4,4 |
4432 | Norsk kulturminnefond | 36 659 | 43 680 | 43 680 | 0,0 |
Sum kategori 12.30 | 46 041 | 48 525 | 48 739 | 0,4 |
Inntekter under programkategori 12.40 fordelte på kapittel
(i 1 000 kr) | |||||
---|---|---|---|---|---|
Kap. | Nemning | Rekneskap 2007 | Saldert budsjett 2008 | Forslag 2009 | Pst. endr. 08/09 |
4441 | Statens forureiningstilsyn | 81 841 | 26 561 | 64 017 | 141,0 |
4444 | Produktregisteret | 422 | |||
5322 | Statens miljøfond, avdrag | 88 797 | |||
5621 | Statens miljøfond, renteinntekter | 2 046 | |||
Sum kategori 12.40 | 173 106 | 26 561 | 64 017 | 141,0 |
Inntekter under programkategori 12.60 fordelte på kapittel
(i 1 000 kr) | |||||
---|---|---|---|---|---|
Kap. | Nemning | Rekneskap 2007 | Saldert budsjett 2008 | Forslag 2009 | Pst. endr. 08/09 |
4471 | Norsk Polarinstitutt | 67 732 | 38 270 | 39 954 | 4,4 |
4472 | Svalbard miljøvernfond | 1 315 | 8 500 | 125 | -98,5 |
5578 | Sektoravgifter under Miljøverndepartementet | 11 425 | |||
Sum kategori 12.60 | 69 047 | 46 770 | 51 504 | 10,1 |
Utgifter fordelte på postgrupper
(i 1 000 kr) | |||||
---|---|---|---|---|---|
Post-gr. | Nemning | Rekneskap 2007 | Saldert budsjett 2008 | Forslag 2009 | Pst. endr. 08/09 |
01-01 | Driftsutgifter | 813 613 | 784 750 | 943 832 | 20,3 |
11-23 | Varer og tenester | 761 790 | 789 127 | 1 052 898 | 33,4 |
30-49 | Nybygg, anlegg m.v. | 301 746 | 339 973 | 422 223 | 24,2 |
50-59 | Overføringar til andre statsrekneskapar | 275 433 | 294 217 | 339 706 | 15,5 |
60-69 | Overføringar til kommunar | 5 350 | 4 000 | 9 500 | 137,5 |
70-89 | Overføringar til private | 933 715 | 1 064 255 | 1 118 120 | 5,1 |
90-99 | Utlån, avdrag m.v. | 200 000 | 200 000 | ||
Sum under departementet | 3 291 647 | 3 276 322 | 4 086 279 | 24,7 |
Inntekter fordelte på postgrupper
(i 1 000 kr) | |||||
---|---|---|---|---|---|
Post-gr. | Nemning | Rekneskap 2007 | Saldert budsjett 2008 | Forslag 2009 | Pst. endr. 08/09 |
01-29 | Sal av varer og tenester m.v. | 184 501 | 85 487 | 123 615 | 44,6 |
50-91 | Skattar, avgifter og andre overføringar | 207 748 | 135 522 | 141 246 | 4,2 |
Sum under departementet | 392 249 | 221 009 | 264 861 | 19,8 |
Oversikt over bruk av stikkordet «kan overførast»
Det blir foreslått å knyte stikkordet «kan overførast» til dei postane som er viste i tabellen nedanfor. Dette er postar der det knyter seg stor uvisse til utbetalingsår. For å kunne sikre utbetaling av tilsegn om tilskot gitt i 2008 og tidlegare år, må posten tilføyast stikkordet «kan overførast».
Under Miljøverndepartementet blir stikkordet foreslått knytt til desse postane, utanom postgruppe 30–49:
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Kap. | Post | Nemning | Overført til 2008 | Forslag 2009 |
1400 | 22 | Spesielle driftsutgifter knytte til lokalt miljøvern og universell utforming | 2 000 | |
1400 | 72 | Miljøverntiltak i nordområda | 300 | 1 800 |
1400 | 73 | Tilskot til kompetanseformidling og informasjon om miljøvennleg produksjon og forbruk | 25 750 | |
1400 | 74 | Tilskot til AMAP | 3 700 | |
1400 | 75 | Miljøvennleg byutvikling | 3 285 | 31 000 |
1400 | 76 | Støtte til nasjonale og internasjonale miljøtiltak | 101 | 22 471 |
1400 | 78 | Miljøtiltak til nikkelverka på Kola | 109 000 | |
1400 | 80 | Tilskot til universell utforming og tilgjenge for alle | 5 549 | 600 |
1400 | 81 | Tilskot til lokalt miljøvern og berekraftige lokalsamfunn | 564 | 26 000 |
1425 | 61 | Tilskot til kommunale vilttiltak | 24 | 3 500 |
1425 | 70 | Tilskot til fiskeformål | 1 597 | 10 000 |
1425 | 71 | Tilskot til viltformål | 5 309 | 37 600 |
1427 | 60 | Tilskot til lokalt utviklingsfond | 6 000 | |
1427 | 70 | Tilskot til kalking og lokale fiskeformål | 88 000 | |
1427 | 71 | Forvaltningstiltak i verdsarvsområde | 9 600 | |
1427 | 73 | Førebyggjande og konfliktdempande tiltak i rovviltforvaltninga | 3 301 | 80 500 |
1427 | 74 | Tilskot til friluftslivstiltak | 204 | 17 520 |
1427 | 76 | Tilskot til informasjons- og kompetansesentra | 7 900 | |
1427 | 77 | Tilskot til nasjonalparksentra | 123 | 14 600 |
1427 | 78 | Friluftsrådas landsforbund og interkommunale friluftsråd | 8 000 | |
1429 | 72 | Vern og sikring av freda og verneverdige kulturminne og kulturmiljø | 9 908 | 195 130 |
1429 | 73 | Brannsikring og beredskapstiltak | 145 | 11 953 |
1429 | 74 | Fartøyvern | 333 | 42 004 |
1429 | 75 | Internasjonalt samarbeid | 164 | 1 100 |
1429 | 77 | Verdiskapingsprogram på kulturminneområdet | 370 | 18 400 |
1429 | 78 | Tilskot til beslutningsgrunnlag for utøving av mynde innan arkeologi | 6 500 | |
1465 | 21 | Betaling for statsoppdraget | 5 899 | 378 823 |
1471 | 21 | Spesielle driftsutgifter | 10 | 66 271 |
Tabell 5.1 Oversikt over talet på årsverk pr. 1. mars 2008 under Miljøverndepartementet
Kapittel | Nemning | Tal årsverk |
---|---|---|
1400 | Miljøverndepartementet | 224 |
1427 | Direktoratet for naturforvaltning | 233 |
1429 | Riksantikvaren | 137 |
1441 | Statens forureiningstilsyn | 273 |
2465 | Statens kartverk | 725 |
1471 | Norsk polarinstitutt | 136 |
1432 | Norsk kulturminnefond | 7 |
Sum | 1735 |