Del 2
Omtale av Miljøverndepartementets resultatområde
6 Naturens mangfald og friluftsliv (resultatområde 1)
Resultatområdet omfattar bevaring av naturens mangfald og friluftsliv. Friluftsliv er eit felles gode som det er viktig å sikre som kjelde til auka trivsel, betre folkehelse, forståing av naturverdiar og berekraftig utvikling. Bevaring av naturens mangfald skjer gjennom berekraftig bruk, vern, oppsyn, skjøtsel og restaurering. Hovudårsakene til tap av naturmangfaldet er knytte til tap av biologiske nøkkelområde og endringar i arealbruk, klimaendringar, forureining, spreiing av framande arter og overutnytting. Resultatområdet omfattar òg arbeidet med å motverke negative miljøeffektar på naturmangfaldet av desse påverknadene, med unntak av klimaendringar og forureining som blir dekte av resultatområde 3 og 4. Bevaring av verdifulle geologiske førekomstar og ulike landskapskvalitetar inngår òg i resultatområdet. I tillegg dekkjer resultatområdet internasjonalt arbeid, blant anna oppfølging av konvensjonar og andre internasjonale prosessar og avtaler for å sikre berekraftig bruk, vern og rettferdig fordeling av naturens mangfald.
Resultatområdet er delt opp i følgjande underområde:
Berekraftig bruk og vern av leveområde.
Berekraftig bruk og vern av arter, bestandar og genressursar
Framande arter og genmodifiserte organismar
Friluftsliv
Strategisk mål
Naturen skal forvaltast slik at arter som finst naturleg blir sikra i levedyktige bestandar, og slik at variasjonen av naturtypar og landskap blir halden ved lag og gjer det mogleg å sikre at naturmangfaldet får halde fram med å utvikle seg. Noreg har som mål å stanse tapet av naturmangfald innan 2010.
Alle skal ha høve til å drive friluftsliv som helsefremjande, trivselsskapande og miljøvennleg aktivitet i nærmiljøet og i naturen elles.
Nasjonale resultatmål, miljøforvaltningas arbeidsmål og resultatindikatorar og statusbeskriving
Resultatområde 1 – underområde 1 Berekraftig bruk og vern av leveområde
Avgrensing og definisjon av underområde 1 Berekraftig bruk og vern av leveområde
Underområdet omfattar sikring av leveområde og naturtypar slik at naturmangfaldet får utvikle seg vidare og slik at viktige økosystemtenester ikkje blir ytterlegare utarma. Nedbygging, bruk og bruksendring (inkludert opphøyrt bruk) av areal er rekna som dei viktigaste truslane mot planter og dyr i Noreg. Summen av mange tilsynelatande ubetydelege inngrep kan få alvorlege følgjer for den evna arter og bestandar har til å overleve, og for økosystemas produksjonsevne. Dei mest verdifulle og sårbare naturområda treng særskild omsut gjennom vern og oppsyn for å sikre at verneverdiane ikkje går tapt. I område utanfor verneområda er det viktig å redusere negativ påverknad på naturens mangfald så mykje som mogleg for å sikre at vi òg i framtida kan hauste av naturen og nyte godt av tenester som økosystema leverer. Det er derfor ei klar kopling mellom innsatsen for å ta vare på leveområde for mangfaldet av planter og dyr og den nasjonale arealpolitikken som er omtalt i resultatområde 6.
Tabell 6.1 Mål- og indikatortabell for underområde 1 Berekraftig bruk og vern av leveområde. Nasjonalt restmål 1.
Nasjonalt resultatmål | Miljøforvaltningas arbeidsmål | Miljøforvaltningas resultatindikatorar |
---|---|---|
Nasjonalt resultatmål 1.1.1 Eit representativt utval av norsk natur skal vernast for kommande generasjonar. | 1.1.1.1 Implementere arbeidsprogram om områdevern frå Konvensjonen om biologisk mangfald (vedteken på COP7 i 2004) ved å etablere nettverk av terrestriske verneområde innan 2010. | Kvalitativ vurdering av arbeidet. |
1.1.1.2 Leie og samordne det norske arbeidet under Konvensjonen om biologisk mangfald og andre internasjonale konvensjonar som er relevante for å ta vare på ulike naturtypar. | Kvalitativ vurdering av arbeidet. | |
1.1.1.3 Sluttføre fylkesvise/tema tiske verneplanar i løpet av år 2009. | Talet på vedtekne fylkesvise verneplanar. | |
1.1.1.4 Auke skogvernet i tråd med Stortingets behandling av St.meld. nr. 25 (2002-2003) Regjeringens miljøvernpolitikk og rikets miljøtilstand, jf. Innst. S.nr. 46 (2003-2004). | Sum verna areal produktiv skog fordelt på naturgeografiske regionar. Areal produktiv skog som er vedteke verna etter 2002. | |
1.1.1.5 Gjennomføre nasjonalparkplanen gjennom å opprette 40 nye og utvide 14 eksisterande verneområde i løpet av 2010. | Sum verna areal fordelt på natur geografiske regionar. Talet på nye verneområde som er vedtekne. | |
1.1.1.6 Etablere eit representativt nettverk av marine verneområde innan dei ulike biogeografiske regionane i kyst- og havområda gjennom nasjonal marin verneplan innan 2012. | Del av representative, særeigne, truga og sårbare naturtypar som inngår i dei marine vernaområda i kvar biogeografiske region. | |
1.1.1.7 Sikre at naturverdiane i verneområda blir oppretthaldne, mellom anna ved å utvikle tilfredsstillande skjøtsels- og oppsynsordningar. | Del av verneområde som har tilfredsstillande forvaltningsplan. Del av verneområde med tilfredsstillande skjøtsel. Del av verneområde som har tilfredsstillande oppsyn/tilsyn. |
Regjeringa prioriterer høgt å ta vare på norsk natur og verne om naturmangfaldet. Av dei 18 500 artene som vart vurderte i arbeidet med den norske raudlista i 2006 vart 3 886 arter (21 pst.) plasserte på raudlista. Omlag 48 pst. av desse er knytte til skog, 35 pst. til kulturlandskap, 13 pst. til våtmark, 12 pst. til hav/strand/kyst, 9 pst. til ferskvassmiljø, 5 pst. til fjell/arktisk natur og 5 pst. til marint miljø. Vern av eit representativt utval område etter naturvernlova er viktig for å sikre framtida for artene.
Pr. 1. januar 2008 er 14,3 pst. av fastlands-Noreg verna etter naturvernlova.
Eit viktig verkemiddel for å stanse tapet av planter, dyr og naturtypar er eit moderne og heilskapleg lovverk. Regjeringa vil derfor leggje fram forslag til ei ny lov om forvaltning av naturens mangfald slik at Stortinget kan handsame denne våren 2009.
Tabell 6.2 Oversikt over område verna etter naturvernlova pr. 1. januar 2008.
Tal | Areal km2 (inkl. ferskvatn) | Prosent av Noregs landareal1 | |
---|---|---|---|
Nasjonalparkar | 29 | 26 756 | 8.3 |
Landskapsvernområde | 174 | 15 093 | 4.7 |
Naturreservat | 1 790 | 4 193 | 1.3 |
Naturminne | 1012 | 2 | 0.0 |
Andre fredingsområde3 | 122 | 126 | 0.0 |
Sum | 2 248 | 46 273 | 14.3 |
1 Fastlandet ekskl. Svalbard (verneområde på Svalbard er oppretta i medhald av svalbardmiljølova).
2 99 av desse naturminna er geologiske. I tillegg er ca. 180 tre/tregrupper freda som botaniske naturminne.
3 I tillegg kjem 12 område på om lag 300 km2 som er verna etter viltlova § 7.
Arbeidsmål 1.1.1.1 Implementere arbeidsprogram om områdevern frå Konvensjonen om biologisk mangfald ved å etablere nettverk av terrestriske verneområde innan 2010
Arbeidsprogrammets overordna mål er å etablere og halde ved lag effektivt forvalta og økologisk representative nasjonale og regionale nettverk av verneområde. Dette skal vere på plass innan 2010 for område på land og innan 2012 for marine område. Etablering, forvaltning og overvaking av verneområde skal skje med deltaking og respekt for urfolk og lokale samfunn.
Partsmøtet for Konvensjonen om biologisk mangfald i mai 2008 la stor vekt på områdevern som reiskap for å nå 2010-målet, og framheva særskilt behovet for å gjennomføre økologiske GAP-analysar for vern i løpet av 2009 (i) og finansiering av områdevern (ii).
Tiltak som står sentralt i Noregs oppfølging av vedtaket om områdevern er i hovudsak knytte til gjennomføring av dei fylkesvise verneplanane, auka skogvern, gjennomføring av nasjonalparkplanen, marin verneplan, sikring av naturverdiane i verneområda og evaluering av gjennomført vern av ulike naturtypar. Som tilpassing til klimaendringane vil det bli lagt vekt på å sikre tilstrekkeleg store område som inneheld økologiske gradientar som gir ei ekstra forsikring for arter i eit endra klima.
Grunnlagsmaterialet for evaluering av gjennomført vern av ulike naturtypar vil i hovudsak bli ferdigstilt i løpet av 2008. Analysearbeidet vil starte i 2008, men hovudvekta av dette arbeidet vil skje i 2009.
For å auke bevisstgjeringa om 2010-målet sende miljø- og utviklingsminister Erik Solheim i mai 2008 eit postkort til alle ordførarane i landet med ei oppfordring til å delta i kampen for å ta vare på artsmangfaldet i naturen. Kvar kommune har fått ein særeigen, truga art dei blir bedne om å ta ekstra godt vare på.
Oppfølging av områdevernet og gjennomføring av nytt vern er omtalt under arbeidsmåla 1.1.1.4 – 1.1.1.7. Arbeidet under CBD med å etablere eit nettverk av marine verneområde er omtalt under arbeidsmål 1.1.1.6.
Internasjonale plikter i andre konvensjonar er òg sentrale for å følgje opp arbeidsprogrammet under Konvensjonen om biologisk mangfald, blant anna Ramsarkonvensjonen om våtmarker, Bernkonvensjonen om vern av europeisk natur og Oslo-Paris-konvensjonen om vern av det marine miljøet i det nordaustlege Atlanterhavet (OSPAR).
Ein tek sikte på å utvikle norsk vernepolitikk meir i tråd med EUs NATURA 2000 i høve til etablering av område og rapportering via det europeiske miljøbyrået (EEA). Innmelding av norske område til Emerald Network vil vere ein parallell til EU-landas Natura 2000-prosess.
Det er brei europeisk semje om å opprette gode europeiske nettverk av verneområde. Under Bernkonvensjonen om vern av europeisk natur er dette følgt opp gjennom at partane skal peike ut område til eit europeisk nettverk av verneområde kalla Emerald Network. I 2007 ferdigstilte Direktoratet for naturforvaltning eit pilotprosjekt på dette (DN-rapport 2007-1). Dette utgjer det faglege grunnlaget for vidare arbeid med innmelding av område.
Noreg deltek aktivt i arbeidet med den paneuropeiske biomangfald- og landskapsstrategien (PEBLDS) der etablering av eit paneuropeisk nettverk av verneområde står sentralt.
Arbeidsmål 1.1.1.2 Leie og samordne det norske arbeidet under Konvensjonen om biologisk mangfald og andre internasjonale konvensjonar som er relevante for å ta vare på ulike naturtypar
Konvensjonen om biologisk mangfald (CBD) er det sentrale internasjonale rammeverket rundt arbeidet med å nå målet om å stanse tapet av arter og naturtypar innan 2010.
Det niande partsmøtet for konvensjonen vart halde i mai 2008. I tillegg til fokus på gjennomføring av konvensjonens etablerte arbeidsprogram, bl.a. områdevern, vart det fatta vedtak som stimulerer til synergi mellom klimatiltak og naturmangfaldomsyn og arbeid for å betre kunnskapsgrunnlaget under konvensjonen. UNEPs initiativ for å etablere ein mekanisme for kunnskap om naturens mangfald og økosystemtenester vil bli følgt opp frå norsk side.
Noreg vil medverke aktivt i arbeidet med å utvikle nye globale mål for konvensjonen i perioden fram mot 2010. Dei internasjonale Trondheimskonferansane om naturens mangfald medverkar til konstruktive samarbeidsarenaer for internasjonale forhandlingar om å ta vare på mangfaldet av arter og økosystem, og til å styrkje det vitskapelege grunnlaget for desse. Neste Trondheimskonferanse skal haldast i 2010, som òg er FNs internasjonale år for biologisk mangfald.
Arbeidsmål 1.1.1.3 Sluttføre fylkesvise/tematiske verneplanar i løpet av år 2009
Verneplan for Oslofjorden, delplan Oslo/Akershus og einskildområdet Danmark (Akershus) vart vedteke i juni 2008. Vikanbukta (Nord-Trøndelag) vart verna i september 2008. Vidare er det i 2008-2009 planlagt vedtak for verneplan for Smøla (Møre og Romsdal), verneplan for Oslofjorden (delplan for Østfold og ein samordna sjøfugldelplan for alle fylka kring Oslofjorden), verneplan for sjøfugl i Møre og Romsdal, verneplan for edellauvskog i Sogn og Fjordane og verneplan for myr i Finnmark. Det same gjeld einskildområde Bruvollhagan (Hedmark). Verneplan for rik lauvskog i Troms vert gjennomført som frivillig skogvern og er planlagt vedteken i 2009. I løpet av 2009 vil ein ha nådd målet i St.meld. nr. 68 (1980-81) om gjennomføring av fylkesvise, tematiske verneplanar for tema edellauvskog, myr, våtmark og sjøfugllokalitetar – totalt 70 verneplanar.
Arbeidsmål 1.1.1.4 Auke skogvernet i tråd med Stortingets behandling av St.meld. nr. 25 (2002-2003) Regjeringens miljøvernpolitikk og rikets miljøtilstand, jf. Innst. S. nr. 46 (2003-2004)
I 2007 vart det verna 18 skogområde med totalt 20,7 km2 produktiv skog. Totalt er det verna i overkant av 1 000 km2 produktiv skog i Noreg pr. september 2008, tilsvarande ca. 1,4 pst. av skogarealet i landet.
Omfanget av vern i Trillemarka-Rollagsfjell vart avklart i januar 2008, og formelt vernevedtak for området er planlagt hausten 2008. I 2002 vart det verna ca. 45 km2 i området. No blir ytterlegare ca. 102 km2 verna slik at totalt verneareal i Trillemarka-Rollagsfjell blir ca. 147 km2.
Hausten 2008 vil det òg bli verna betydelege skogareal gjennom frivillig vern-ordninga.
Hovudstrategien i arbeidet for auka skogvern er å sikre høg fagleg kvalitet ved at dei viktigaste områda blir fanga opp i arbeidet, samtidig som ein sikrar god dialog med skogeigarar og andre partar. Samarbeidet med Noregs Skogeigarforbund om frivillig skogvern blir ført vidare i 2009. For 2009 er det følgjande hovudelementar:
Skogvern på statsgrunn: Vernevedtak for område på statsgrunn, mellom anna i Nord-Trøndelag og Nordland, og oppstart av verneprosessar for attverande, registrerte verneverdige skogområde på statsgrunn. Verneprosessar på statsallmenningar der vern kan innverke på private bruksrettar, skal i hovudtrekk byggje på frivillig vern-konseptet.
Frivillig skogvern: Vernevedtak, og oppstart av arbeid med nye område.
Verneprosessar- og vernevedtak for verneverdige skogområde på areal eigd av Opplysningsvesenets fond (prestegardsskogar).
Systematiske, naturfaglege registreringar i prioriterte skogtypar og gjennomføring av verneprosessar knytte til dette.
Arbeidsmål 1.1.1.5 Gjennomføre nasjonalparkplanen gjennom å opprette 40 nye og utvide 14 eksisterande verneområde i løpet av 2010
Pr. 1. september 2008 er 38 av i alt 54 verneframlegg i nasjonalparkplanen gjennomførte. Sylan landskapsvernområde vart oppretta i april 2008. Følgjande område er planlagt verna hausten 2008 og i 2009: Naustdal-Gjengedal, Ålfotbreen, Hyllingsdalen, Sjunkan-Misten, Sølen, Lomsdal-Visten, Sørdalen-Isdalen og Ytre Hvaler.
I vernearbeidet legg ein stor vekt på å gjennomføre demokratiske og tillitvekkjande planprosessar. Samarbeidet med Sametinget for å sikre samiske interesser på best mogleg måte i planlegginga (jf. avtala om konsultasjon mellom Staten og Sametinget) blir ført vidare.
Pr. 2008 er det autorisert 14 nasjonalparksenter, og departementet sin plan for etablering av nasjonalparksenter frå 1995 er no fullført. Lokalt vert det arbeidd med planar for fleire nasjonalparksenter, blant anna i den kommande Ytre Hvaler nasjonalpark.
Arbeidsmål 1.1.1.6 Etablere eit representativt nettverk av marine verneområde innan dei ulike biogeografiske regionane i kyst- og havområda innan 2012
Noreg har slutta seg til målet om å ha på plass eit representativt og økologisk samanhengjande nettverk av marine verneområde innan 2012. I OSPAR har vi slutta oss til at eit slikt nettverk skal vere på plass innan 2010. Eit første representativt nettverk av marine område verna etter naturvernlova og marine område varig beskytta på annan måte skal etter planen vere etablert i 2010. Nettverket skal deretter i andre fase supplerast etter behov for å sikre eit representativt, økologisk samanhengjande nettverk for alle dei norske kyst- og havområda innan 2012.
Det formelle verneplanarbeidet for fase ein startar i 2008. Det skal gjennomførast konsekvensutgreiingar før verneforslaget blir sendt på felles lokal og sentral høyring i 2009.
Arbeidsmål 1.1.1.7 Sikre at naturverdiane i verneområda blir oppretthaldne, mellom anna ved å utvikle tilfredstillande skjøtsels- og oppsynsordningar
Statens naturoppsyn (SNO) sine oppgåver omfattar kontrollverksemd, naturvegleiing, fysisk tilrettelegging, registreringsarbeid og skjøtsel. Statens naturoppsyn hadde i 2007 oppsynsansvaret for alle dei 2248 verneområda i Fastlands-Noreg (samla areal på 46 276 km2). Oppsyn blir òg utført gjennom tenestekjøp frå Statskog Fjelltenesta i Troms og Nordland, frå fjellstyra sitt fjelloppsyn og andre samarbeidspartnarar.
Frå 2006 til 2007 vart det registrert ein ytterlegare oppgang (5%) i talet på brot på regelverket i verneområde. Oppgangen frå 2005 til 2006 var på 48%.
Det er i 2007 gjennomført fleire store tilretteleggingstiltak for brukarar av nasjonalparkane og andre naturområde der tilrettelegginga ved Besseggen er blant dei mest arbeids- og kostnadskrevjande. I 2007 gjennomførte SNO, som tidlegare år, eit stort tal større eller mindre skjøtselstiltak i verneområde i heile landet. Desse skjøtselstiltaka besto mellom anna av slått, tynningshogst, uttak av framande artar som rynkerose og sitkagran, og ulike tilretteleggingstiltak som oppsetting av skilt/grensemerke og fysisk tilrettelegging av stitraséar. I 2007 organiserte og deltok SNO også i 50 ulike søppelryddingsaksjonar i verneområde. I enkelte av desse aksjonane blei det fjerna fleire tonn med akkumulert søppel. I tillegg til dette kjem skjøtsel organisert gjennom fylkesmennene og kommunane.
Innsatsen i høve til oppsyn og skjøtselstiltak har auka dei siste åra. Regjeringa held i 2009 fram med opptrappinga av arbeidet med forvaltningsplanar og skjøtselstiltak.
Sjølv om etablering av tilfredsstillande oppsynsordningar er vesentleg styrkt dei siste åra, er det framleis eit stort etterslep i arbeidet med å etablere eit tilfredsstillande oppsyn i enkelte område/regionar. Dette gjeld mellom anna i fleire av dei nyoppretta nasjonalparkane og landskapsvernområda, men òg innafor enkelte regionar med store geografiske avstandar og/eller eit stort tal mindre verneområde og for naturoppsynet langs kysten.
Forvaltningsplanar for nasjonalparkar og andre verneområde skal gi nærare retningslinjer for korleis verneverdiane kan forvaltast best mogleg innan det enkelte verneområde. Det er behov for forvaltningsplanar i alle dei 29 nasjonalparkane, i ei rekkje landskapsvernområde og i om lag 500 av dei mindre verneområda. Berre 8 av nasjonalparkane har i dag godkjende forvaltningsplanar. I tillegg kjem at mange eksisterande forvaltningsplanar må reviderast. Det går no føre seg arbeid med nye forvaltningsplanar og revidering av eldre planar for dei fleste av nasjonalparkane som manglar slike. I 2008 er det sett i gang arbeid med utarbeiding av forvaltningsplanar for i overkant av 100 mindre verneområde.
Løyvingane til forvaltning av verneområde har auka dei siste åra og regjeringa vil halde fram med å auke løyvingane til forvaltningsplanlegging og konkrete skjøtselstiltak for å sikre at verneverdiane blir haldne ved lag. Direktoratet for naturforvaltning vil i løpet av 2008 kartleggje akutte og langsiktige behov for tiltak i dei enkelte verneområda. Data frå kartlegginga vil bl.a. bli lagt til grunn for prioritering av midlar til forvaltningsplanlegging og skjøtselstiltak i 2009.
Noreg manglar eit landsdekkjande system for overvaking av verneområde. I arbeidet med å styrkje overvakinga i verneområda har Direktoratet for naturforvaltning sett i gang arbeid med å definere bevaringsmål for sentrale naturkvalitetar i det enkelte verneområde. Det er i 2008 sett i gang forsøk der fastsetting av bevaringsmål og avklaring av konkret overvakingsopplegg i samband med dette blir behandla som ein del av forvaltningsplanprosessen for konkrete område. Dette arbeidet er òg kobla til innmelding av område i Emerald Network (sjå arbeidsmål 1.1.1.1).
Noreg har store utfordringar i høve til pliktene i Ramsarkonvensjonen, ikkje minst knytte til dei 37 norske våtmarkssystema (32 på fastlandet og 5 på Svalbard) som er med på lista over verdas viktigaste våtmarksområde. Ut frå konvensjonen skal desse områda ha godkjende forvaltningsplanar. Pr. mai 2008 er det godkjend planar for heile eller delar av 7 av dei 32 ramsarområda på fastlandet. Det blir arbeidd med, eller er tildelt midlar til 13 nye planar. 2 gamle planar er under revisjon.
I dag har om lag 50 kommunar ansvar for forvaltning av naturreservat, naturminne og/eller landskapsvernområde. I tillegg er det som eit prøveprosjekt delegert forvaltningsmynde til kommunar for nokre større verneområde i nasjonalparkplanen, mellom anna Reinheimen nasjonalpark som er delegert gjeldande frå 1. oktober 2007. Til saman er det om lag 70 kommunar som har fått delegert forvaltningsmynde for verneområde. I 2008 er ordningane med forvaltningsmynde for verneområde blitt evaluerte. Resultatet av evalueringa vil bli lagt fram for Stortinget ved eit seinare høve.
Tabell 6.3 Mål- og indikatortabell for underområde 1 Berekraftig bruk og vern av leveområde. Nasjonalt resultatmål 2.
Nasjonalt resultatmål | Miljøforvaltningas arbeidsmål | Miljøforvaltningas resultatindikatorar |
---|---|---|
Nasjonalt resultatmål 1.1.2 Areal utanfor verneområda skal forvaltast slik at viktige økolo giske funksjonar og tenester blir haldne ved lag i så stor grad som mogleg; i truga naturtypar skal ein unngå inngrep. | 1.1.2.1 Medverke til å halde ved lag truga, sårbare og omsynskrevjande naturtypar gjennom rådgiving, samordning og oppfølging av sektorane. | Talet på truga, sårbare og omsynskrevjande naturtypar som er blitt kartlagde. Omfang av naturtypar som er dokumentert skadde eller øyde lagde. |
1.1.2.2 I samarbeid med aktuelle partar leggje til rette for at forvaltninga av vassdrag og kystnære marine vassførekomstar tek omsyn til biologisk mangfald. | Overvakingsparameter under for skrift om rammer for vassforvalt ninga (EUs rammedirektiv for vatn). | |
1.1.2.3 Sikre at attverande natur område med urørt preg blir tekne vare på. | Areal av inngrepsfrie naturom råde. | |
1.1.2.4 Gjennomføre kartlegging slik at det innan 2010 ligg føre ei landsdekkjande, kartfesta oversikt over alle førekomstar av dei utvalde naturtypane, og kvalitetssikre data frå tidlegare kartlegging. | Talet på kommunar som er ferdig kartlagde innafor dei ulike natur typane. Talet på kvalitetssikra datasett. | |
1.1.2.5 I samarbeid med sektorane gjennomføre eit nasjonalt program for kartlegging og overvaking av naturens mangfald (jf. St.meld. nr. 21 (2004-2005). | Mengda av kvalitetssikra data i høve til det talfesta målet om lokalitetsopplysingar i naturbasen. | |
1.1.2.6 Utvikle måleverktøy for biologisk mangfald, under dette naturindeks, og bidra til at informasjon om norsk naturmangfald kan samanliknast med andre land. | Talet på datasett som kan saman liknast. | |
1.1.2.7 Avgrense motorferdsel i utmark og vassdrag med sikte på å minimalisere påverknaden på naturmiljø, bl.a. ved at ferdsla i større grad blir kanalisert til bestemte trasear og område. | Talet på dispensasjonar som er gitt. Talet på personar som er melde for brot på motorferdslelova. Omfanget av førebygging av ulov leg motorferdsel. |
Arbeidsmål 1.1.2.1 Medverke til å halde ved lag truga, sårbare og omsynskrevjande naturtypar gjennom rådgiving, samordning og oppfølging av sektorane
Alle sektorar har ansvar for at tiltak og aktivitetar på eige område ikkje gir unødige miljøbelastningar. Hovuddelen av naturmangfaldet finst utanfor verneområda og blir forvalta av andre sektorar gjennom deira sektorlover og gjennom kommunane si planlegging etter plan- og bygningslova. Bygging av fritidsbustader, motorferdsel i utmark, utbygging av arealkrevjande energi- og transportanlegg og endra driftsformer i landbruket er i dag nokre av dei viktigaste grunnane til nedbygging, bruksendring, oppsplitting av viktige areal og gjengroing. Summen av mange, tilsynelatande ubetydelege inngrep kan få alvorlige følgjer for arter og bestandar og deira høve til å overleve, og for produksjonsevna i økosystema. Bevaring av naturens mangfald er derfor ei sektorovergripande utfordring som krev samordning og forpliktande samarbeid på tvers av sektorane, innanfor rammer av ei aktiv arealplanlegging lokalt og regionalt. Miljøverndepartementet har ei viktig rolle i å medverke til dei andre departementa sitt arbeid med bevaring og berekraftig bruk av naturmangfaldet.
Det er sett i gang arbeid for å bevare utvalte naturtypar. Store delar av stortareskogen i nord og sukkertareskogen i sør har forsvunne. Stortaren blir beita ned av kråkebollar, men årsakene bak den dramatiske situasjonen er framleis ukjende. For sukkertare ser det ut til at høgare sjøtemperaturar og store tilførsler av næringssalt og partiklar er viktige årsaker. Mykje tyder på at dei langtransporterte tilførslene har gått ned dei 10 siste åra. I 2008 vart det sett i gang arbeid med å vurdere lokale tilførsler bl.a. som grunnlag for å utarbeide tiltaksanalysar. Kaldtvasskorallrev er ein annan naturtype som er under stort press. Reva har blant anna blitt skadde av botntråling, og klimaendringar og havforsuring er nye trugsmål. Fiskeristyresmaktene har forbode botntråling på fleire spesielt viktige korallrev, og det er forbode å skade kjente førekomstar av rev i samband med fiske. Direktoratet for naturforvaltning vil i 2008 leggje fram ei utgreiing om situasjonen og behovet for ytterlegare beskyttelsestiltak for norske kaldtvasskorallrev. Det skal deretter utarbeidast ein nasjonal handlingsplan for korallrev under leiing av Miljøverndepartementet.
Truga og sårbare naturtypar vart frå og med 2006 inkludert i arbeidet med revisjon av raudlista. Det har vist seg at det er nødvendig å utvikle ein fagleg omforeina klassifikasjon av norske naturtypar før ei «raudliste» for naturtypar kan etablerast. Artsdatabanken er i sluttfasen med prosjektet «Naturtypar i Noreg», og skal etter planen vere ferdig med typeinndeling i løpet av 2008. På grunnlag av denne fagleg omforeina naturtypeinndelinga vil Artsdatabanken leggje fram ei vurdering av kor truga norske naturtypar er i løpet av 2009.
I 2008 starta Direktoratet for naturforvaltning arbeidet med ein handlingsplan for naturtypen slåttemark i samarbeid med Statens Landbruksforvaltning. Arbeidet held fram i 2009.
Det er viktig å utvikle verktøy og verkemiddel som synleggjer og integrerer omsynet til truga, sårbare og omsynskrevjande naturtypar i kommunanes ordinære plan- og styringssystem. Direktoratet for naturforvaltning vil i løpet av 2008 gjennomføre ei evaluering av i kor stor grad kommunane tek omsyn til viktige område for biologisk mangfald etter kartlegginga dei har gjennomført (etter DNs kartleggingshandbøker). Eventuelle «flaskehalsar» som blir avdekte gjennom evalueringa vil bli følgt opp i 2009.
Det finst foreløpig inga tilfredsstillande rapportering av inngrep i viktige naturtypar, men det blir arbeidd med å få ei slik oversikt gjennom KOSTRA.
Arbeidsmål 1.1.2.2 I samarbeid med aktuelle partar leggje til rette for at forvaltninga av vassdrag og kystnære marine vassførekomstar tek omsyn til biologisk mangfald
Forskrifta om rammer for vassforvaltning (oppfølging av EUs vassrammedirektiv) trådde i kraft 1. januar 2007. Vassforskrifta gir rammer for fastsetjing av miljømål for vassførekomstane og skal sikre best mogleg vern og berekraftig bruk av desse. Forskrifta vil vere det viktigaste verktøyet for å gjere norsk vassforvaltning meir heilskapleg, samordna og økosystembasert. Regjeringa har òg lagt fram ein stortingsproposisjon der det er foreslått at vassrammedirektivet blir teke inn i EØS-avtala. Det blir vist til nærare omtale under resultatområde 3, underområde 1 Heilskapleg hav- og vassforvaltning.
Det er sett i gang arbeid med å utarbeide fylkesvise planar for små vasskraftverk. Planane skal sikre at naturmangfald, friluftsliv og store landskapsverdiar ikkje går tapt samtidig som talet på små vasskraftverk aukar. Retningslinjene for små vasskraftverk utarbeida i 2007 av Olje- og energidepartementet i samråd med Miljøverndepartementet ligg til grunn for arbeidet. Desse gir ei oppskrift for korleis fylkeskommunane kan kartleggje og systematisere dei ulike områda ut frå kor verdifulle dei er med omsyn til viktige miljø- og friluftsverdiar. Retningslinjene blir òg lagt til grunn for konsesjonsbehandlinga av enkeltprosjekt.
Det blir arbeidd med ei omlegging av Samla plan. Dette arbeidet må sjåast i samanheng med gjennomføring av vassforskrifta.
Ferdigstillinga av ordninga med nasjonale laksevassdrag og nasjonale laksefjordar, jf. St.prp. nr. 32 (2006-2007) Om vern av villaksen og ferdigstilling av nasjonale laksevassdrag og laksefjordar, vart vedteken av Stortinget våren 2007, jf. Innst. S. nr. 183 (2006-2007). Ordninga består etter dette av til saman 52 nasjonale laksevassdrag og 29 nasjonale laksefjordar som skal beskyttast mot inngrep og aktivitetar i vassdraga, og mot oppdrettsverksemd i dei nærliggjande fjord- og kystområda. Det blir arbeidd med juridisk forankring av ordninga og med styrkt overvaking.
Arbeidsmål 1.1.2.3 Sikre at attverande naturområde med urørt preg blir tekne vare på
Dei siste hundre åra er dei villmarksprega områda i Noreg (område 5 kilometer eller meir unna tyngre tekniske inngrep) reduserte frå omkring halvparten av landarealet til i underkant av 12 pst. I Sør-Noreg var det berre att 5 pst. i 2003. Bortfallet av inngrepsfri natur var om lag 640 km2 i perioden 1998-2003. Vegbygging i landbruket stod for over 80 pst. av det totale bortfallet. Status for inngrepsfrie naturområde (område som ligg meir enn 1 kilometer unna tyngre tekniske inngrep) i Noreg (INON) vart sist oppdatert i januar 2003, og ajourførte kart og statistikk vart lagt ut på nettet i 2004 (www.dirnat.no/inon). Denne oversikta blir ajourført med 5 års mellomrom, og viser bl.a. utviklinga for desse områda og kva for samfunnssektorar som er ansvarlege for bortfall av inngrepsfri natur. I 2007 starta arbeidet med ei ny periodisk oppdatering av INON-databasen, og oppdaterte kart vil vere klare ved årsskiftet 2008/2009.
Landbruks- og matdepartementet og Miljøverndepartementet har sett i gang arbeid for å gå gjennom regelverket med sikte på å hindre at tilskot til vegbygging skal gi tap av inngrepsfri natur. Bl.a. vil datakvaliteten for skogsvegar og INON bli vurdert, saman med skogbrukets behov for vegbygging og konsekvensar og moglegheiter med sikte på endring i regelverket for tilskot.
Arbeidsmål 1.1.2.4 Gjennomføre kartlegging slik at det innan 2010 ligg føre ei landsdekkjande, kartfesta oversikt over alle førekomstar av dei utvalde naturtypane, og kvalitetssikre data frå tidlegare kartlegging
Om lag 90 pst. av kommunane har no gjennomført ei første gongs kartlegging av område med stor verdi for naturens mangfald på land. Det er førebels lagt inn naturtypedata frå om lag 300 kommunar i Naturbasen. Det ligg pr. 1. mai 2008 inne data frå 95 000 lokalitetar spreidde over heile landet i Naturbasen. Av dette er omlag 2/3 artsdata og 1/3 er naturtypedata. Dei fleste artsdata stammar frå viltkartlegginga. I kartlegginga av areal er dei som er truga av inngrep prioriterte, og det er derfor kartlagt lite i fjellområda. For marin kartlegging er det laga ein plan for 2007 – 2010 som skisserer eit opplegg med utgangspunkt i ei målsetjing om at halvparten av kommunane i Noreg er ferdig kartlagde innan 2010.
Krava til eigenskapane til naturtypedata har endra seg mykje sidan kartlegginga starta i 1999. Parallelt med den vidare kartlegginga er det derfor prioritert å oppdatere eksisterande data i Naturbase. Oppdateringa inneber både betre avgrensing av naturtypane og ei områdebeskriving som gir data større forvaltningsrelevans. For ein del område inneber denne oppdateringa ei ny kartlegging. Dette er kostbart og tidkrevjande, og oppdateringa vil derfor gå føre seg over fleire år.
Det står enno att mykje kartleggingsarbeid på viktige naturtypar og lokalitetar for raudlistearter. Dette arbeidet inngår no i Nasjonalt program for kartlegging og overvaking av biologisk mangfald. Sjå òg arbeidsmål 1.1.2.6. og arbeidsmål 1.2.2.1.
Arbeidsmål 1.1.2.5 I samarbeid med sektorane gjennomføre eit nasjonalt program for kartlegging og overvaking av naturens mangfald
Eit nasjonalt program for kartlegging og overvaking av biologisk mangfald er etablert. Programmet er styrt og finansiert av eit utval samansett av 7 departement. Nasjonalt program skal medverke til å dekkje forvaltningas behov for kartlegging og overvaking der desse ikkje er dekte gjennom sektorvise tiltak, og syte for at kartbasert kunnskap om naturmangfald blir gjort tilgjengeleg. Programmet initierer kartleggings- og overvakingsaktivitetar både på land, i ferskvatn og i sjø ut til grunnlinja. Programmet er inne i sin andre programperiode som går ut i 2010. I denne perioden vil hovudfokus vere retta mot naturtypar, truga og sårbare arter og framande arter i norsk natur.
Kartlegging og overvaking av sjøfugl skjer gjennom sjøfuglprogrammet SEAPOP, som vart starta av Miljøverndepartementet og Olje- og energidepartementet i 2005. Ein viser til nærare omtale under arbeidsmål 1.2.2.1.
MAREANO er eit tverrsektorielt program for kartlegging og styrking av kunnskapen om Norges havbotn, finansiert over Fiskeri- og kystdepartementets, Miljøverndepartementets og Nærings- og handelsdepartementets budsjett. MAREANO vart starta i 2005. For å nå målet om kartlegging av Nordland VII, Troms II og Eggakanten i løpet av 2010 er løyvinga auka med totalt 18.8 mill. kroner i 2009, likt fordelt på dei tre finansieringsdepartementa, slik at totalbudsjettet i 2009 blir på 51.4 mill. kroner. Under MAREANO blir havdjupn og topografi kartlagt der slike data manglar. Havbotnens fysiske, kjemiske og biologiske miljø blir òg kartlagt. MAREANO gir viktig kunnskap om vår marine natur og har blant anna medverka til at det er oppdaga nye marine naturtypar, naturlege gassoppkommer og nye korallrev på havbotnen på kontinentalsokkelen. MAREANO vil gi viktig kunnskap til oppdateringa av Forvaltningsplan Lofoten-Barentshavet i 2010, under dette om sårbare naturtypar på havbotnen.
1.1.2.6 Utvikle måleverktøy for naturens mangfald, under dette naturindeks, og bidra til at informasjon om norsk naturmangfald kan samanliknast med andre land
Gjennom overvaking av naturtypar og viktige areal for truga arter får styresmaktene eit bilete av utviklinga i naturmangfaldet, om verkemidla fungerer etter formålet og om Noreg klarer å ivareta målet om å stoppe tapet av arter og økosystem innan 2010. Regjeringa er i gang med å vurdere korleis ein kan utvikle betre verktøy for å måle utviklingstrendar i norsk natur, og det er sett i gang utgreiingsarbeid om metode for å etablere ein naturindeks for Noreg. Ein første versjon av ein naturindeks basert på dagens datagrunnlag vil bli presentert med data frå Midt-Noreg i 2008. Basert på dette pilotprosjektet tek ein sikte på å presentere ein naturindeks for heile landet i 2009.
Artsdatabanken spelar ei sentral rolle i arbeidet med å samordne og gjere dei viktigaste data om naturens mangfald tilgjengelege for brukarar i areal- og ressursforvaltninga. Rapporteringsverktøyet «Artsobservasjonar» vart lansert i mai 2008. Berre tre veker etter lanseringa passerte talet på registrerte artsfunn/observasjonar 100 000. 15 000 av desse er funn av raudlistearter. Dette er eit overraskande bra resultat, og viser at folkeleg medverknad kan vere eit viktig bidrag til betre kunnskap om naturens mangfald. Sjå også arbeidsmål 1.2.2.1.
For å kunne samanlikne utviklinga av norsk naturmangfald med andre land deltek Noreg aktivt i EEAs utvikling av indikatorar for naturmangfald SEBI2010 (Streamlining European 2010 Biodiversity Indicators) og det europeiske miljøbyråets informasjonsverktøy EIONET (European Environmental Information and Observation Network). EEA har foreslått eit første sett med 26 SEBI indikatorar som eit ledd i arbeidet med å nå 2010-målet. Dette er påverknads-, tilstands- og responsindikatorar knytte til å ta vare på naturmangfald og som omfattar ulike sektorar. Ei vurdering gjennomført av Direktoratet for naturforvaltning i samarbeid med ei rekkje fagmiljø viser at Noreg (heilt eller delvis) har datagrunnlag for 16 av dei 26 indikatorane, men for dei fleste av dei 16 indikatorane er det pr. i dag ikkje etablert dataflyt/rapportering til EEA. For 10 indikatorar kan det ikkje rapporterast, dels fordi metodikken ikkje er fullt utvikla eller fordi dei baserer seg på datakrav knytte til EUs Fugle- og habitatdirektiv. Den nasjonale overvakinga av naturmangfaldet er fortløpande vurdert i høve til vidare tilpassingar til SEBI2010.
Fugleindeksen (bestandsutvikling for hekkande fugl) er etablert som ein av regjeringas indikatorar for berekraftig utvikling i Noreg. Indeksen blir registrert i alle naturtypar på land, og inngår i nasjonale nøkkeltal for naturens mangfald. Data blir òg rapporterte til EEA/SEBI2010. Førebels er indikatoren basert på data som ikkje er representative for heile Noreg, og det er i regi av Direktoratet for naturforvaltning sett i gang arbeid for å etablere eit landsrepresentativt nettverk av teljepunkt for kvantifisering av bestandsvariasjonar for fugl i eit 18x18 km rutenett der ca. halvparten av rutene blir oppsøkte årleg for registrering. Nettet vil bestå av 500 teljeområde fordelt over heile Noreg. Etableringa i Sør-Noreg vil bli ferdig i 2008. Etablering i Nord-Noreg er planlagt i perioden 2009-2011.
God informasjon om status og utvikling i naturmangfaldet og om økologiske tenester som blir produserte av naturen er ein viktig føresetnad for å bevare naturens mangfald. Fram mot FNs internasjonale år for naturmangfald i 2010 vil det bli utvikla ein eigen kommunikasjonsplan.
1.1.2.7 Avgrense motorferdsel i utmark og vassdrag med sikte på å minimalisere påverknaden på naturmiljø, mellom anna ved at ferdsla i større grad blir kanalisert til bestemte trasear og område
Det totale talet på snøskuterar var over 61 000 ved utgangen av 2007, og det har vore ein jamn auke i talet på snøskuterar i fleire år ( frå 53 599 i 2003 og 58 327 i 2006). Talet på barmarkskøyretøy (All Terrain Vehicles – ATV) har òg auka kraftig, frå 295 nyregistrerte køyretøy i 1995 til over 22 000 køyretøy pr. 31. desember 2007 (alle tal frå Opplysningsrådet for vegtrafikk). Dette indikerer at omfanget av motorferdsel i utmark har auka kraftig.
Talet på dispensasjonar gitt i medhald av motorferdsellova og den nasjonale forskrifta er tilgjengeleg som KOSTRA-rapportering. I 2007 vart det behandla 13 248 søknader om dispensasjon for motorferdsel i utmark. Av desse vart 12 225 (92 pst.) godkjende. For å få eit samla bilete må det òg reknast med dispensasjonar som er gitt for fleire år. Ca. 13 000 tidlegare gitte dispensasjonar var framleis gyldige i 2007, dvs. at det var i overkant av 25 000 aktive dispensasjonar i 2007. For barmarkskøyring vart det totalt godkjent 2626 søknader i 2007. Det er god grunn til å gi barmarkskøyringa større merksemd framover. Statens naturoppsyn har gjennomført målretta oppsyns- og kontrolltiltak, oftast i samhandling med lokalt politi. Barmarkskøyring har hatt særleg prioritet. I 2007 vart totalt 128 tilfelle av ulovleg motorferdsel melde til politiet, etter kontrollar av SNO (inkl. Fjelltenesta i Nord-Noreg). Av desse var det 40 tilfelle av ulovleg barmarkskøyring. Kontrollen med barmarkskøyring skal styrkjast i samarbeid mellom politiet og Statens naturoppsyn.
Forsøksordninga med planstyrt forvaltning av motorferdsel er blitt evaluert av Norsk institutt for naturforsking (NINA). Denne evalueringa var ein del av grunnlaget for prosjektet Motorferdsel og samfunn (MOSA). MOSA hadde som formål å etablere eit best mogeleg kunnskapsbasert avgjerdsgrunnlag for utforming av strategiar, regelverk og verkemiddel for regulering av motorferdsel i utmark, med vekt på avveging mellom nytte- og verneverdiar. På dette grunnlaget har Direktoratet for naturforvaltning utarbeidd eit forslag til nytt regelverk for motorferdsel i utmark og vassdrag som vart sendt på høyring sommaren 2007. Etter høyringa la Direktoratet for naturforvaltning våren 2008 fram eit revidert forslag til ny lov. Dette forslaget blir no vurdert av regjeringa.
Tabell 6.4 Mål- og indikatortabell for underområde 1 Berekraftig bruk og vern av leveområde. Nasjonalt resultatmål 3.
Nasjonalt resultatmål | Miljøforvaltningas arbeidsmål | Miljøforvaltningas resultatindikatorar |
---|---|---|
Nasjonalt resultatmål 1.1.3 Kulturlandskapet skal forvaltast slik at kulturhistoriske og este tiske verdiar, opplevingsverdiar, biologisk mangfald og tilgjenge blir halde ved lag. | 1.1.3.1 Medverke til at verdifulle kulturlandskap blir tekne vare på og haldne ved lag. | Tilstand og utvikling for dei nasjonalt prioriterte kultur landskapa. |
Arbeidsmål 1.1.3.1 Medverke til at verdifulle kulturlandskap blir tekne vare på og haldne ved lag
Gjengroinga i utmark er no svært tydeleg både i fjellet, på kysten og i låglandet, og kulturlandskap med større areal av ulike typar seminaturlege naturtypar minkar. Det er aukande behov for å halde oppe drift og skjøtsel i dei høgast prioriterte områda (ca. 300) i Nasjonal registrering av verdifulle kulturlandskap og naturtypar i kulturlandskapet kartlagt med høg verdi for naturmangfald. Som ledd i landbruks- og miljøvernstyresmaktenes arbeid med å operasjonalisere målet om at «Spesielt verdifulle kulturlandskap skal vere dokumenterte og ha fått særskilt forvaltning innan 2010», la Statens landbruksforvaltning, Direktoratet for naturforvaltning og Riksantikvaren i 2007 fram ein rapport om utvalde kulturlandskap i jordbruket. Direktorata har mellom anna utarbeidd kriterium for å velje ut spesielt verdifulle kulturlandskap i landbruket, som grunnlag for fylkesvis gjennomgang og utpeiking av slike område. Den fylkesvise gjennomgangen har resultert i at fylka har foreslått 2-3 område kvar som utgangspunkt for direktoratas forslag om dei første 20 områda i Utvalde kulturlandskap i jordbruket. Disse skal følgjast opp med særskilt forvaltning. Direktorata vil fremje sitt forslag for Miljøverndepartementet og Landbruks- og matdepartementet i 2008.
Andre viktige verkemiddel i arbeidet med å ta vare på jordbrukets kulturlandskap og det naturlege mangfaldet i dette landskapet, er supplerande kartlegging av naturens mangfald og betre overvaking. Supplerande kartlegging er gjennomført i Buskerud, Midt-Noreg (Møre og Romsdal og Oppland), Sogn og Fjordane og Agderfylka. Det er òg starta eit prosjekt for å vidareutvikle og justere eksisterande kartleggingsmetodikk. Prosjektet skal bidra til utvikling av regionale indikatorarter og regionale utformingar av kulturmarks-/naturtypar. Metodikken skal òg omfatte opplysningar eller kunnskap om hevd og bruk. Eit prosjekt om kystlynghei skal dokumentere status/tilstand og utvikling for norske kystlyngheier knytt til skjøtsel/hevd og truslar bakover og framover i tid. Rapportar frå dei tre omtalte prosjekta kjem i 2009.
Mykje av arbeidet knytt til å halde ved lag verdifulle kulturlandskap er òg integrert i andre resultatmål og oppgåver.
Resultatområde 1 – underområde 2 Berekraftig bruk og vern av arter, bestandar og genressursar
Avgrensing og definisjon av underområde
Underområdet omfattar arbeidet med å sikre levedyktige bestandar av dei artene som høyrer naturleg heime i norsk natur. Ein god variasjon i arvemateriale i levande organismar, med eit samleord kalla «genressursar», er naudsynt for at arter skal kunne tilpasse seg endra miljøforhold, til eksempel klimaendringar. Genressursane er òg eit viktig grunnlag for bio- og genteknologi og oppdrettsnæringa. Underområde 2 har særleg fokus på berekraftig hausting og tiltak for å ta vare på truga arter. Dei truga artene har så dårleg bestandsstatus at det er naudsynt med tiltak i høve til kvar enkelt art. Det er nær kopling mellom innsatsen for å ta vare på enkeltarter og arbeidet med å sikre leveområde for planter og dyr under underområde 1.
Tabell 6.5 Mål- og indikatortabell for underområde 2 Berekraftig bruk og vern av arter, bestandar og genressursar. Nasjonalt resultatmål 1.
Nasjonalt resultatmål | Miljøforvaltningas arbeidsmål | Miljøforvaltningas resultatindikatorar |
---|---|---|
Nasjonalt resultatmål 1.2.1 Hausting og anna bruk av levande ressursar skal ikkje føre til at arter eller bestandar blir utrydda eller truga. | 1.2.1.1 Sikre at nasjonale, regio nale og lokale rammer for haus ting av vilt- og fiskeressursane blir baserte på best mogeleg kunnskap om arter og bestandar. For anadrom laksefisk skal haus ting i størst mogleg grad baserast på driftsplanar av rettshavarar i samarbeid med kommunar og brukarar. | Omfanget av bestandar som er truga av overutnytting. Delen av hjortevilt felt på vald med driftsplan/bestandsplan. Talet på driftsplanar for laksefisk som er lagt til grunn for forvaltninga. |
1.2.1.2 Medverke til at all utnytting av levande ressursar og genressursar skjer i tråd med føre var-prinsippet og ei økosystembasert tilnærming gjennom rådgiving og oppfølging av sektorane. | Del av bestandar eller arter som er overutnytta eller truga av over utnytting. Del av bestander eller arter som har forvaltningsmål og -strategiar. |
Statusbeskriving
Arbeidsmål 1.2.1.1 Sikre at nasjonale, regionale og lokale rammer for hausting av vilt- og fiskeressursane blir baserte på best mogeleg kunnskap om arter og bestandar. For anadrom laksefisk skal hausting i størst mogleg grad baserast på driftsplanar utarbeidde i samarbeid mellom rettshavarar, kommunar og brukarar
Innanfor viltforvaltninga er hjorteviltregisteret eit viktig hjelpemiddel for dei som skal ta avgjerder. Gjennom nasjonalt overvakingsprogram og helseovervakingsprogram for hjortevilt følgjer ein bestandsutviklinga i eit representativt utval av hjorteviltbestandane. Veterinærinstituttet og Direktoratet for naturforvaltning har saman utarbeidd eit rammeverk for helseovervaking av viltbestandar. Behovet for helseovervaking er aktualisert ved den sterke merksemda som har vore omkring fuglevirus og moglege konsekvensar av dette i Noreg. I tillegg kjem auka utbreiing av flått og hjortelusfluge, og auka fare for andre sjukdommar med endra klimatilhøve. For hjort utgjer fellingsløyve på område/vald med bestandsplan 35 pst. av det totale talet på fellingsløyve (13 633 av totalt 38 369). For elg utgjer desse løyva 85 pst. (39 003 av totalt 45 597). Ingen viltarter som det er jakta på er truga av overutnytting.
Regulering av laksefisket er basert på vitskapeleg rådgiving, kunnskap om tilstanden til bestandane, fagleg skjønn og erfaringar. I 2008 vart det innført eit nytt reguleringsregime med vesentlege innskrenkingar i fisket både i elv og i sjø. Innskrenkingane er grunngitte mellom anna med omsynet til å kunne nå gytebestandsmål i dei 162 elvane der det finst vurderingsgrunnlag for slike mål. Reguleringane i sjø skal reviderast i 2009 med sikte på mellom anna å få på plass ei konsesjonsordning for sjølaksefiske i tråd med Innst.S.nr.183 (2006-2007).
Ei driftsplanbasert forvaltning krev at rettshavarane er organiserte i høvelege einingar som kan ivareta interessene deira. Slike einingar må vere juridisk og økonomisk forpliktande, slik at styresmaktene kan opptre formelt i høve til eit driftsplanområde. Utviklinga av driftsplanbasert forvaltning vil bli følgd opp i samarbeid med dei sentrale organisasjonane på fiskerettshavar- og brukarsida. I høyringsforslag til revidering av lakse- og innlandsfisklova er det mellom anna foreslått å innføre obligatorisk organisering av rettshavarar i laksevassdrag.
Arbeidsmål 1.2.1.2 Medverke til at all utnytting av levande ressursar og genressursar skjer i tråd med føre var-prinsippet og ei økosystembasert tilnærming gjennom rådgiving og oppfølging av sektorane
Fleire fiskebestandar i Nordsjøen har låge bestandsnivå. Det gjeld for eksempel torsk og makrell. Talet på gytebestandar over og under sikre biologiske grenser er forholdsvis konstant i perioden. Kva slag bestandar som ligg over eller under dei sikre grensene varierer likevel noko frå år til år. Noko av variasjonen kan forklarast med naturlege svingingar i bestandane. Generelt kan ein likevel seie at gytebestandane i Nordsjøen er relativt sterkt påverka av fiskeri.
I 2006 var makrell og kolmule utsette for fiske utanfor det som er sett på som sikre grenser for å unngå ein nedgang i bestanden. Dette inneber at ein haustar meir fisk av desse artene enn overskotet i bestanden gir grunnlag for.
Fleire kommersielle marine arter er lista i den norske raudlista, bl. a. er artene ål og pigghå vurderte som kritisk truga. Kysttorsk nord for 62. breiddegrad grader er vurdert som sårbar og havsil, vanleg uer og snabeluer som sårbare. For nokre av desse artene går det føre aktivt kommersielt fiske. Det er gjennomført tiltak for å ta vare på desse artene. Bl.a. er det forbod mot direkte fiske av pigghå og det er gjennomført fleire avgrensingar i fisket etter kysttorsk nord for 62. breiddegrad. For ål er det starta opp arbeid med å lage ein handlingsplan. For denne arten er det sannsynleg at klimaendring er ein viktig påverknadsfaktor. For vanleg uer er det lov med direkte fiske med noko reiskap og innanfor eit avgrensa tidsrom, men det er reglar for bifangst. Det er ikkje lov med direkte fiske av snabeluer – i tillegg er det reglar for bifangst og stengte område.
Tabell 6.6 Mål- og indikatortabell for underområde 2 Berekraftig bruk og vern av arter, bestandar og genressursar. Nasjonalt resultatmål 2.
Nasjonalt resultatmål | Miljøforvaltningas arbeidsmål | Miljøforvaltningas resultatindikatorar |
---|---|---|
Nasjonalt resultatmål 1.2.2 Halde oppe eller byggje opp att truga arter til livskraftige nivå. | 1.2.2.1 Medverke til å redusere presset på truga arter og ansvarsarter gjennom handlingsplanar og samarbeid med andre involverte partar. | Talet på raudlistearter totalt og endringar i raudlistekategori for raudlistearter i ulike naturtypar. Del av truga arter, med utarbeidd handlingsplan. Inngrep i villreinområde. |
1.2.2.2 Sikre levedyktige bestandar av rovvilt gjennom målet om 65 årlege ynglingar av gaupe, 39 årlege ynglingar av jerv, 15 årlege ynglingar av bjørn, 3 årlege ynglingar av ulv og 850-1200 årlege hekkingar av kongeørn. | Talet på dokumenterte ynglingar av gaupe, jerv, bjørn og ulv siste år fordelt på dei åtte rovviltregio nane. Talet på hekkingar av kongeørn siste år. Talet på dokumenterte ulovlege fellingar av rovvilt fordelt på rov viltart. | |
1.2.2.3 Byggje opp att bestanden av fjellrev til eit livskraftig nivå. | Talet på vaksne individ og ynglingar av fjellrev. | |
1.2.2.4 Sikre dei ville laksebestandane. | Endringar i bestandstilstand etter kategorisystemet for laksevass drag. | |
1.2.2.5 Utvikle oppsynsordningar som sikrar at arter blir tekne vare på. | Del truga og sårbare arter som er dekte av oppsyn. | |
1.2.2.6 Leie og samordne det norske arbeidet under Konvensjonen om biologisk mangfald og andre internasjonale konvensjonar som er relevante for å ta vare på arter og genressursar. | Kvalitativ vurdering av arbeidet. |
Arbeidsmål 1.2.2.1 Medverke til å redusere presset på truga arter og ansvarsarter gjennom handlingsplanar og samarbeid med andre involverte partar
Artsdatabanken la i desember 2006 fram ei ny offisiell raudliste for Noreg, inkludert Svalbard. Norsk raudliste 2006 inneheld totalt 3 886 arter. Av desse er 84 utdøydde frå norsk natur etter år 1800. I kategorien kritisk truga er det 285 norske arter. Kategorien sterkt truga inneheld 764 arter, og i kategorien sårbar er det 939 arter. Ulike typar arealendring/arealbruk er eit trugsmål mot 85 pst. av raudlisteartene. Høgast førekomst av raudlistearter er det i skog med 1 827 arter (48 pst. av raudlisteartene) og i jordbrukslandskap med 1 330 arter (35 pst.). Ein tek sikte på å revidere raudlista i 2010.
Arbeidet med å utarbeide og setje i verk handlingsplanar for utvalde, truga arter vil bli styrkt i 2009. Det er til no utarbeidd handlingsplanar for damfrosk, elvemusling, orkideen raud skogfrue, stor salamander, åkerrikse og fjellrev. Alle desse planane er under oppfølging. Pr. 1. august 2008 har Direktoratet for naturforvaltning under arbeid handlingsplanar for dverggås, edelkreps, flaggermus (gruppe), hubro, hortulan, honningblom, sinoberbille, elvesandjeger, klippeblåvengje og truga sjøfugl. Arbeid med ein handlingsplan for naturtypen slåttemark er òg sett i gang. Denne naturtypen inneheld ei rekkje truga arter.
Tiltak knytte til dverggås har den aller høgaste prioriteten. I tillegg til at dverggås er klassifisert som kritisk truga på raudlista, har Noreg eit internasjonalt ansvar for å medverke til å ta vare på den fennoskandiske restbestanden av denne arten.
Edelkrepsen er klassifisert som sterkt truga i den norske raudlista. Det er utarbeidd eit forslag til overvaking av 27 representative krepsebestandar. Etter påvising av krepsepest i Glomma i 2005 vart det sett i verk tiltak for å hindre vidare spreiing av sjukdommen. I juli 2008 vart det påvist signalkreps i Haldenvassdraget, og dette kan tyde på at sjukdommen ikkje er fjerna. Påvising av krepsepest på introdusert signalkreps i Dammane i Brevik hausten 2006 vart følgd opp med ein utryddingsaksjon våren 2008.
Arbeidet med handlingsplanar for truga sjøfugl starta i 2008. Sjøfuglane er ein viktig del av kystnaturen og det marine økosystemet, og sjøfuglartene er sikre indikatorar på miljøtilstanden i havet. Fleire sjøfuglbestandar langs Norskekysten har hatt ein urovekkjande tilbakegang. Lomvi er klassifisert som kritisk truga på raudlista. Sjøfuglprogrammet SEAPOP skal gi betre kunnskapsgrunnlag for å ta avgjerder i spørsmål som gjeld tilhøvet mellom sjøfugl og menneskeleg aktivitet i havområda og kystsona, til dømes innafor petroleumsverksemda. Programmet er sett i verk i full nasjonal skala i 2008. Gjennom forvaltningsplanen for Barentshavet er det sett i gang fleire tiltak, så som påbodne skipsleier og rammer for petroleumsverksemda, bl.a. av omsyn til sjøfugl.
Villreinen er ein norsk ansvarsart og skal ha ein sentral plass i norsk fjellfauna også i framtida. Det er derfor eit arealpolitisk mål å sikre leveområda for arten. Sikring av villreinen sine leveområde har stått sentralt ved opprettinga av mange av våre store nasjonalparkar og landskapsvernområde. Slikt vern dekkjer likevel berre delar av villreinen sine leveområde og må utfyllast av planar etter plan- og bygningslova. Miljøverndepartementet har avgjort at 10 villreinområde skal ha status som nasjonale villreinområde. Departementet bad i 2007 fylkeskommunane utarbeide fylkesdelplanar for fjellområde som er spesielt viktige for villrein, og det er førebels starta tre slike planprosessar (Setesdalsheiane, Hardangervidda og Rondane-Sølnkletten). To informasjons- og kompetansesenter for villrein kom i drift på Skinnarbu og Hjerkinn i 2007.
Det blir òg viktig å sikre leveområde for dei truga artene gjennom kommunal planlegging. Kommunane har eit sjølvstendig ansvar for å vurdere verknader av ulike tiltak på truga arter, og sjå til at dei negative konsekvensane blir minst moglege.
Regjeringa vil i 2009 etablere eit norsk artsprosjekt. Arbeidet i prosjektet vil skje i nært samarbeid med det svenske artsprosjektet.
For dei store rovviltartene og villaks viser ein til eigne omtaler.
Arbeidsmål 1.2.2.2 Sikre levedyktige bestandar av rovvilt gjennom målet om 65 årlege ynglingar av gaupe, 39 årlege ynglingar av jerv, 15 årlege ynglingar av bjørn, 3 årlege ynglingar av ulv og 850-1200 årlege hekkingar av kongeørn
Det er førebels registrert ei yngling av ulv i Noreg (i Osdalen) i 2008. Det nasjonale målet er tre heilnorske årlege ynglingar i Noreg innafor eit nærare definert forvaltningsområde i Hedmark, Akershus, Østfold og Oslo. Grenseflokkar kjem i tillegg. Det nasjonale bestandsovervakingsprogrammet for rovvilt rapporterer om nedgang i bestanden av ulv i Noreg, medan det framleis synest å vere ein auke på svensk side. I 2007 vart det registrert 19 ynglingar i Skandinavia, 18 av desse i heilsvenske revir og ei yngling på grensa mellom Noreg og Sverige. DNA-analysar av dei skandinaviske ulvane viser eit nært slektskap, noko som på lang sikt kan gi innavlsdefektar dersom det ikkje år om anna kjem inn nye individ gjennom naturleg innvandring frå Finland/Russland. DNA-analyse har dokumentert innvandring av to dyr frå Finland/Russland. Det gjenstår å sjå om desse individa vil formeire seg. Førebelse analysar viser at årets ulvekull i Osdalen kjem frå den sørskandinaviske bestanden.
Det nasjonale målet for bjørn er sett til 15 årlege ynglingar. Registreringar kan tyde på ein viss vekst i bestanden, men det er enno langt igjen til bestandsmålet er nådd. Totalt vart det påvist tre binner med årsungar i 2006. To av binnene med årsungar er påviste i Pasvik (region 8), mens ei binne med årsungar er påvist i Lierne/Snåsa (region 6). I 2007 vart det påvist ei yngling i Trysil (region 5). Frå 2006 er bestandsovervakinga av bjørn betra ved hjelp av innsamling av ekskrement og hår for DNA-analyse. Innsamlinga vart gjennomført blant anna ved hjelp av lokale elgjegerar, frå Trøndelag og nordover i 2006 (71 individ påvist) og i Sør-Noreg i 2007 (60 individ påvist). Det vil bli samla inn prøver på nytt i Midt-Noreg i 2008.
Det vart registrert 51 ynglingar av jerv i 2007. Det nasjonale målet er 39 årlege ynglingar. Bestandsreguleringa skal skje ved lisensfelling. I skadeutsette område der lisensfelling ikkje gav tilstrekkeleg bestandsregulerande effekt i høve til tapspotensial vart det våren 2008 sett i verk ekstraordinære uttak av jerv. Uttak av tispe og/eller kvalpar vart gjennomført ved 11 av dei 51 registrerte ynglingane i 2007, og er pr. august 2008 gjennomført i 10 av de 45 ynglingane som er registrerte så langt i 2008. For gaupe vart det vinteren 2007 registrert 74 familiegrupper. Det nasjonale bestandsmålet på 65 årlege ynglingar er nådd. Ei yngling tilsvarer ei familiegruppe.
Målet for kongeørn er sett til 850-1200 hekkande par, og bestanden på landsbasis er rekna for å vere stabil på omlag dette nivået. Frå 2006 har kongeørn inngått i det nasjonale overvakingsprogrammet for rovvilt. Frå og med 2009 vil innsatsen på overvaking av kongeørn bli auka.
Rovviltnemndene har hovudansvaret for forvaltninga av gaupe, jerv, bjørn og ulv innafor sin region. Rovviltnemnda skal utarbeide ein forvaltningsplan, i nært samarbeid med aktuelle partar. Planen skal vise korleis nemnda vil gjennomføre den vedtekne nasjonale rovviltpolitikken i sin region. Dette arbeidet er no fullført i alle dei 8 regionane.
SNO har det operative ansvaret i høve til rovviltforvaltning i Noreg. Oppgåvene omfattar mellom anna skadedokumentasjon, under dette drift av rovviltkontaktnettet, bestandsregistrering og skadefelling.
Arbeidsmål 1.2.2.3 Byggje opp att bestanden av fjellrev til eit livskraftig nivå
Fjellreven er på raudlista klassifisert som kritisk truga i Noreg utanom Svalbard. I Noreg utanom Svalbard er det om lag 50 vaksne fjellrevar att. Med 16 ynglingar var 2007 eit relativt godt produksjonsår for fjellrev i det nordlege Noreg. Dette heng truleg saman med at det var mykje smågnagarar.
Regjeringa har ført vidare arbeidet med å hindre at fjellreven blir borte frå den norske fjellnaturen. I 2008 vart det sett av om lag 5,9 mill. kroner til formålet. Arbeidet med fjellreven skjer med utgangspunkt i Handlingsplan for fjellrev (Direktoratet for naturforvaltning, 2003). Avlsprosjektet og Finnmarksprosjektet er to sentrale prosjekt som er i gang. Finnmarksprosjektet omfattar eit fleirårig forsøk med raudrevkontroll på Varanger-halvøya. Avlsprosjektet går ut på å drive avl av fjellrev for seinare utsetjing i naturen. I 2007 vart det sett ut 15 kvalpar på Dovrefjell frå avlsstasjonen. Overvaking av fjellreven blir gjennomført årleg, og det er oppretta ein nasjonal database som inneheld detaljert omtale av nesten alle kjende fjellrevhi i Noreg. Mykje av feltarbeidet knytt til oppbygginga av fjellrevbestanden er utført av Statens naturoppsyn.
Arbeidsmål 1.2.2.4 Sikre dei ville laksebestandane
Laksefisket kring tusenårsskiftet var totalt sett betre enn på mange år, blant anna som følgje av betre temperaturforhold i havet og gode føresetnader for oppvandring i elvane i fiskesesongen. Sesongane 2005 og 2006 gir likevel inntrykk av at den positive utviklinga har stansa. I 2007 var talet på laks som hadde vore eitt år i sjøen svært lågt, i tillegg var denne laksen uvanleg liten av vekst. Dette indikerer at laksen har hatt låg overleving og dårlege beiteforhold i havet, og gir grunn til bekymring for dei kommande årgangane av laks. Omlag ein tredel av bestandane er framleis truga eller sårbare, mens 45 bestandar har gått tapt.
Ei oversikt over situasjonen for dei ville laksebestandane går fram av tabellen under.
Tabell 6.7 Bestandssituasjonen for laks januar 2007, talet på elvar.
Kategori | Beskriving | Tal |
---|---|---|
1 | Tapt bestand | 45 |
2 | Truga bestand | 32 |
3a | Sårbar bestand nær tolegrensa | 30 |
3b | Sårbar bestand kan oppretthaldast ved tiltak | 19 |
4a | Redusert bestand ungfiskproduksjon | 63 |
4b | Redusert bestand berre vaksenfiskbestand | 2 |
5a | Moderat/lite påverka bestand, spesielt omsynskrevjande | 208 |
5b | Moderat/lite påverka bestand, ikkje spesielt omsynskrevjande | 38 |
X | Usikker kategoriplassering | 13 |
Totalt tal lakseelvar i Noreg | 450 |
Det er ikkje utarbeidd nye tal i 2008. Ei ny oversikt vil bli utarbeidd i 2009.
Stortingsvedtaket om nasjonale laksevassdrag og laksefjordar vart gjort for å gi dei viktigaste laksebestandane i Noreg eit betre vern (Innst. S. nr. 134 (2002-2003)). Det blir no arbeidd med nærare retningslinjer og juridisk forankring av ordninga.
Lakseparasitten Gyrodactylus salaris er den enkeltfaktoren som har størst dokumentert skadeeffekt på dei norske bestandane av villaks. Parasitten vart introdusert til Noreg i 1975, og har sidan blitt spreidd til i alt 46 lakseførande vassdrag. I dag er 15 vassdrag friskmelde etter behandling, 11 vassdrag er behandla, men ikkje friskmelde, 9 vassdrag er behandla, men gjeninfiserte og 11 infiserte vassdrag er ikkje behandla. Målsetjinga for arbeidet med nedkjemping av Gyrodactylus salaris er å utrydde parasitten i infiserte vassdrag der dette er realistisk, og i tillegg minimalisere risikoen for vidare spreiing. Målet skal nåast gjennom systematisk arbeid i 8 avgrensa smitteregionar og 3 risikoregionar.
Ein har dei seinaste åra nytta sur aluminiumsblanding som hovudkjemikalie med supplement av rotenon der dette er naudsynt. Denne såkalla kombinasjonsmetoden er meir skånsam for både botndyr og fisk, og metoden er derfor langt mindre problematisk enn bruk av berre rotenon i forhold til vedteken kjemikaliepolitikk. Erfaringane med denne metoden gjennom dei siste åra er ikkje så god som ein kunne håpe, og metoden må framleis utviklast vidare. Det er viktig at den til ei kvar tid beste metoden blir valt for å oppnå eit vellykka resultat.
I 2007 vart det gjennomført behandling i Steinkjervassdraga og i dei to infiserte vassdraga i Halsfjorden i Nordland. I Lærdalselva vart parasitten dessverre påvist på nytt etter behandling med aluminiumsulfat i 2005/2006, og det vart gjennomført ny kjemisk behandling våren 2008. Det er planlagt utryddingstiltak i Steinkjervassdraga hausten 2008. Planlegging for nedkjemping i heile Vefsn-regionen held fram med sikte på oppstart av behandling i 2009. I august 2008 la Direktoratet for naturforvaltning fram utkast til ny handlingsplan for tiltak mot Gyrodactylus salaris med mellom anna ei vurdering av dei ulike verkemidla som er nytta for nedkjemping av parasitten. Utkastet til ny handlingsplan vil bli behandla i departementet i løpet av hausten, og Stortinget vil bli informert på høveleg vis.
Det blir i dag utført kalking i 22 laksevassdrag i Sør-Noreg. Også dei lokale kalkingsprosjekta i innlandsvassdrag, som for ein stor del går i regi av frivillige organisasjonar, har halde fram på høgt nivå. Kalking har ført til at laksebestandane er bygde opp att i mange forsuringsskadde elvar, og har ført til ein stor auke i laksefangstane på Sør- og Sørvestlandet. Kalkingsaktiviteten skal haldast oppe på noverande nivå også i åra som kjem.
Levande genbank er eit tiltak som er sett i verk for å redde stammer som ikkje lenger kan overleve i vassdraga. I genbanken blir stammene tekne vare på til faren i vassdraga er over. Ni av dei 29 laksestammene som er blitt tekne vare på i genbanken er blitt tilbakeførte til elvane sine; sju er tekne ut av genbanken, mens to er tekne vare på som sikringsstammer. I tillegg er 12 stammer under tilbakeføring i dag, mens sju ventar på å bli tilbakeførte når Gyrodactylus salaris er utrydda i elvane deira.
Reguleringane i laksefisket som vart fastsette i 2008 er dei strengaste nokon gong, sjå òg arbeidsmål 1.2.1.1.
Arbeidsmål 1.2.2.5 Utvikle oppsynsordningar som sikrar at arter blir tekne vare på
Gjennom den gradvise utbygginga av Statens naturoppsyn har kontrollen med ulovleg jakt og fangst på sårbare og truga arter og bestandar blitt stadig betre. Gjennom arbeidet med handlingsplanar for truga arter er det dokumentert eit klart behov for styrkt oppsyn med leveområda til fleire av desse artene.
Statens naturoppsyn har gjennom heile perioden etter at det overtok ansvaret for lakseoppsynet styrkt dette gjennom organisatoriske endringar og effektivisering. Gjennom samarbeid og samordning med politiet, Kystvakta og andre aktørar blir utviklingstrekk i viktige lakseområde fanga betre opp, og kontrollen med ulovleg fiske blir styrkt. Som i tidlegare år var ulovleg laksefiske òg i 2007 den mest omfattande typen lovbrot som SNO var involvert i, med i alt 3 274 meldingar til politiet og 273 åtvaringar. Det vart i 2007 registrert ei betring i nokre distrikt der det tidlegare var eit betydeleg ulovleg fiske, men det er framleis nokre kjende «problemområde» der ein slit med å få fjerna det ulovlege fisket.
Det høge talet meldingar i 2007, innstramminga i fisketida som følgje av nye reguleringar i 2008 og den svake bestandsstatusen til mange laksebestandar, synliggjer kor viktig det er med eit sterkt og effektivt lakseoppsyn.
Statens naturoppsyn samarbeider med villreinutvala og lokalt politi om kompetanseoppbygging og gjennomføring av villreinoppsynet, slik at dette skjer på ein einsarta og effektiv måte i alle villreinområda. Innsatsen i høve til sjøfugljaktoppsyn og målretta tilsyn med dei freda områda for sjøfugl er òg auka dei siste åra. Det er ein nedgang i talet på meldingar til politiet og åtvaringar for brot på viltlova frå 2006 til 2007.
Statens naturoppsyn har i 2006, 2007 og 2008 prioritert høgt å førebyggje og avdekkje ulovleg felling av rovvilt, og har eit aktivt samarbeid med politiet i konkrete saker. Det er etablert tett samarbeid med politiet og Økokrim om særskilde oppsyns- og kontrolltiltak i forvaltningssona for ulv. Det blir òg gjennomført rutinevise kontrolltiltak med felte rovdyr og skotplassar under lisens- og kvotejakt på desse artene.
Arbeidsmål 1.2.2.6 Leie og samordne det norske arbeidet under Konvensjonen om biologisk mangfald og andre internasjonale konvensjonar som er relevante for å ta vare på arter og genressursar
Konvensjonen om biologisk mangfald (CBD) har tre målsetjingar; bevaring av naturens mangfald, berekraftig bruk av naturens mangfald og rettferdig fordeling av utbyttet av genetiske ressursar.
Fram mot 2010 vil arbeidet med å utvikle eit internasjonalt regime for tilgang til og rettferdig fordeling av utbytte frå bruk av genressursar vere prioritert. Noreg arbeider for å utvikle ein legalt bindande protokoll under Konvensjonen om biologisk mangfald med fokus på utvikling av ordningar som kan sikre ei meir rettferdig fordeling av goda frå utnyttinga av genressursar.
Noreg har medverka aktivt til ei operasjonalisering og vidareutvikling av konvensjonen, blant anna gjennom Trondheimskonferansane om naturmangfald som Noreg har arrangert saman med FN. Regjeringa var saman med FNs miljøprogram (UNEP) vertskap for ein femte Trondheimskonferanse hausten 2007, knytt til målet om ein betydeleg reduksjon i tapet av arter og økosystem innan 2010 og med fokus på kor viktig naturens mangfald er for å redusere fattigdom og følgje opp FNs tusenårsmål. Konferansen gav faglege bidrag til møtet mellom partslanda i Tyskland i 2008, og gav også deltakarane nyttig kunnskap og inspirasjon for vidare arbeid i heimlanda deira. Det vart òg sendt ein bodskap frå konferansen til klimamøtet i Bali i 2007 om kor viktig det er med betre samhandling mellom klimatiltak og tiltak for å ta vare på naturmangfald. Regjeringa tek sikte på at Noreg kan invitere til ein ny Trondheimskonferanse i det internasjonale året for naturmangfald i 2010.
Resultatområde 1 – underområde 3 Framande arter og genmodifiserte organismar
Avgrensing og definisjon av underområde
Underområdet omfattar arbeidet for å hindre spreiing av framande, skadelege organismar som ikkje høyrer heime i norsk natur. Saman med endringar i arealbruk og klimaendringar er spreiinga av framande artar den største trusselen mot naturens mangfald. Underområdet omfattar òg arbeidet med å sikre at bruk av genmodifiserte organismar (GMO) ikkje gjer skade på miljø og helse.
Tabell 6.8 Mål- og indikatortabell for underområde 3 Framande arter og genmodifiserte organismar. Nasjonalt resultatmål 1.
Nasjonalt resultatmål | Miljøforvaltningas arbeidsmål | Miljøforvaltningas resultatindikatorar |
---|---|---|
Nasjonalt resultatmål 1.3.1 Menneskeskapt spreiing av organismar som ikkje høyrer naturleg heime i økosystema, skal ikkje skade eller avgrense økosystemas funksjon. | 1.3.1.1 Førebyggje utilsikta introduksjonar av framande arter og negative effektar av eksisterande og utilsikta nye introduksjonar gjennom meir dekkjande regelverk, tiltak, informasjon og sektorsamarbeid. | Talet på kjende introduksjonar som er årsak til skade på miljøet. |
1.3.1.2 Medverke til sektor departementa sitt arbeid med framande arter gjennom opp følging av den tverrsektorielle strategien mot framande arter. | Talet på framande arter det er sett i gang tiltak mot. Talet på departement som har gjennomført risikovurdering for spreiing av framande arter. | |
1.3.1.3 Handtere reguleringa av utsetjing, under dette omsetning av genmodifiserte organismar, ut frå best mogleg kunnskap slik at det ikkje oppstår skade på miljø og helse. | Kvalitativ vurdering av arbeidet. | |
1.3.1.4 Leie og samordne det norske arbeidet med GMO under Konvensjonen om biologisk mangfald. | Kvalitativ vurdering. | |
1.3.1.5 Ivareta prinsippa for GMOregulering i norsk lov og Cartagenaprotokollen i høve til arbeidet i andre internasjonale fora (WTO, FAO/Codex, IPPC m.fl.) | Kvalitativ vurdering. |
Statusbeskriving
Arbeidsmål 1.3.1.1 Førebyggje utilsikta introduksjonar av framande arter og negative effektar av eksisterande og utilsikta nye introduksjonar gjennom meir dekkjande regelverk, tiltak, informasjon og sektorsamarbeid
Globalt er menneskeskapt spreiing av organismar gjennom auka handel, turisme, reising og nedbygging av grensekontroll mellom land og kontinent ein av dei største truslane mot mangfaldet i naturen. FNs Konvensjon om biologisk mangfald pålegg oss, så langt det er mogleg og føremålstenleg, å hindre innføring av og kontrollere eller utrydde arter som trugar økosystem, leveområde eller arter.
I mai 2007 la Artsdatabanken fram Norsk svarteliste 2007 som inneheld risikovurderingar av 217 av dei 2 483 framande artene som så langt er registrerte i Noreg. Denne svartelista er eit viktig verktøy for styresmaktenes prioriteringar av tiltak mot etablerte, skadelege framande arter, og grunnlag for å setje i gang risikovurdering av fleire av dei framande artene som vi veit har negative økologiske effektar.
Miljøverndepartementet er, i tråd med det hovudansvar det har for heilskapen i regjeringas miljøpolitikk, pådrivar og koordinator i oppfølginga av den tverrsektorielle nasjonale strategien mot framande skadelege arter. Det er viktig å avklare roller og ansvar for ulike aktivitetar og arter mellom departementa.
Det skal lagast handlingsplanar og setjast i gang tiltak mot utvalde framande skadelege arter innafor dei ulike sektoranes ansvarsområde. I 2008 vart det laga handlingsplanar for mårhund og ferskvasskreps/krepsepest/-signalkreps. Det er utarbeidd tiltaksplan mot Gyrodactulus salaris generelt og ørekyte spesielt i Namsenvassdraget. I ein del verneområde blir det gjennomført skjøtselstiltak mot framande arter og andre problemarter, mellom anna platanlønn, gran, sitkagran, bergfuru, buskfuru og rynkerose. Det er gjennomført jakttid heile året på mink, mårhund, bisamrotte og villsvin, og innført utvida jakttid for 7 andre arter som ikkje høyrer heime i norsk natur. Direktoratet for naturforvaltning har identifisert nærare 60 arter som det er viktig å prioritere tiltak mot. Dette krev betydelig ressursinnsats.
Noreg har førebels ingen generell overbygning som omfattar alle sektorar i høve til lovgiving om introduksjonar av framande arter. Det regjeringsoppnemnde lovutvalet for biologisk mangfald har foreslått nytt regelverk på dette området som del av ei ny naturmangfaldlov. Ei forskrift under innførsle- og utførslereguleringslova som regulerer innførsle av virvellause dyr er òg under utarbeiding.
I 2007 vart Noreg part i den internasjonale konvensjonen om kontroll og behandling av ballastvatn i skip og sediment. Konvensjonen vil tre i kraft eitt år etter at minst 30 land som representerer minst 30 pst. av verdsflåten har blitt partar til konvensjonen. Ei ny lov om skipstryggleik (lov 16. februar 2007 nr. 9) trådde i kraft 1. juli 2007. Lova inneheld heimel for forskrift med krav om tiltak for å redusere risiko for introduksjon og spreiing av framande arter frå skipsballastvatn og sediment. Ei slik forskrift er no under utarbeiding. Hausten 2007 vart òg ei stortingsmelding om forvaltning av kongekrabbe lagt fram.
1.3.1.2 Medverke til sektordepartementa sitt arbeid med framande arter gjennom oppfølging av den tverrsektorielle strategien mot framande arter
Framande organismar kan ha effektar som grip over mange sektorar. Dei ti mest relevante departementa la i mai 2007 fram Tverrsektoriell nasjonal strategi og tiltak mot fremmede skadelige arter. Strategien inneheld felles mål, prinsipp og retningslinjer for behandling av framande arter, saman med ei rekkje felles og sektorspesifikke tiltak.
Blant fellestiltaka som skal gjennomførast er utvikling av regelverk, utvikling av retningslinjer for tilsikta introduksjonar, risikokartlegging og vurdering innafor dei ulike sektorstyresmaktene, tiltak mot etablerte framande skadelege artar, utvikling av system for tidleg varsling, gjennomføring av kartlegging og overvaking, informasjon om risiko ved og reglar for innførsel og spreiing av framande arter.
For å styrkje samarbeidet mellom sektorane i høve til framande arter skal det haldast jamleg kontakt for kompetansebygging og informasjonsutveksling. Eit samarbeid på direktoratsnivå er starta, og ein konferanse om styresmaktene si oppfølging av tverrsektoriell nasjonal strategi blir halden hausten 2008.
Ein plan for kartlegging og overvaking av framande arter for perioden 2008 – 2010 vart våren 2008 vedteken av det interdepartementale utvalet under Nasjonalt program for kartlegging og overvaking av biologisk mangfald. I 2008 er det arbeidd vidare med å utvikle metodikk for overvaking av framande arter.
Arbeidsmål 1.3.1.3 Handtere reguleringa av utsetjing, under dette omsetning, av genmodifiserte organismar, ut frå best mogleg kunnskap slik at det ikkje oppstår skade på miljø og helse
Talet på land som set ut genmodifiserte organismar (GMO) i miljøet aukar. I 2007 vart genmodifisert soya, mais, bomull og raps, og noko tomatar, squash, papaya, paprika, alfalfa, nellik, poplar og petunia dyrka på 114 millionar hektar. USA dyrkar ca. halvparten med 57,7 millionar hektar. Argentina og Brasil står for nesten 1/3 med 34 millionar hektar, mens resten av arealet i all hovudsak er fordelt på Canada, India, Kina, Paraguay og Sør-Afrika. Det er framleis stor usemje om bruk og regulering av GMO mellom dei landa som produserer og eksporterer GMO og andre land.
Noregs GMO-regelverk og -politikk er blant dei mest restriktive i verda. Både genteknologilova og våre internasjonale plikter (EØS-avtala, Cartagena-protokollen og WTO-avtala) stiller strenge krav til vitskapeleg risikovurdering for vedtak om godkjenning av eller forbod mot GMO. For at vi skal kunne halde fram med vår GMO-politikk, og vurdere eit stadig aukande tal på komplekse GMO-søknader best mogleg, er det naudsynt å sikre forsking på miljøkonsekvensar av GMO og få bistand frå best mogleg fagleg ekspertise i behandlinga av GMO-søknader. For å oppnå dette er det viktig å samordne midlane til GenØk – Senter for biotryggleik, og å medverke til at miljørisikovurderingane frå Vitskapskomiteen for mattryggleik kan halde eit fagleg høgt nivå.
EUs nye reglar om utsetjing av GMO i miljøet vart innlemma i EØS-avtala i september 2007 med ei vidareføring av tilpassinga som gir Noreg rett til å forby GMO som EU godkjenner dersom vi meiner at det er naudsynt ut frå genteknologilova. EU har vedteke nye reglar om bruk av GMO til mat og fôr, merking og høve til sporing av GMO og høve til sporing av genmodifisert mat og fôr. Regjeringa forhandlar med EU om å innlemme også desse reglane i EØS-avtala med ei tilsvarande tilpassing.
Arbeidsmål 1.3.1.4 Leie og samordne det norske arbeidet med GMO under Konvensjonen om biologisk mangfald
Cartagena-protokollen om genmodifiserte organismar (GMO) skal sikre at handel og bruk av levande GMO ikkje skader naturens mangfald eller helsa til menneska.
Protokollen trådde i kraft 11. september 2003. Under forhandlingane om protokollen vart partane ikkje samde om reglar for ansvar og erstatning for skade som skuldast GMO, og opna derfor for seinare forhandlingar om dette. Desse forhandlingane skulle etter planen ha vore avslutta på det 4. partsmøtet i mai 2008. Partsmøtet gjekk i staden inn for å arbeide mot eit bindande avtaleverk om dette på neste partsmøte i 2010 i Japan. Genteknologilovas føresegn om erstatningsansvar ligg til grunn for Noregs posisjonar i forhandlingane.
Anbefalingane frå «Verksted for risikovurdering av nye typer GMO» som Noreg arrangerte i juni 2007 saman med Canada vart lagt fram på partsmøtet i mai 2008. Anbefalingane gjekk ut på at det er nødvendig med meir informasjon og utvikling av dei framgangsmåtane vi nyttar for risikovurdering av GMO for å sikre god nok vurdering av nye typar av GMO som for eksempel genmodifiserte tre, planter som produserer medisinske protein, genmodifisert fisk og virus. På partsmøtet vart det semje om å setje ned ei ekspertgruppe som bl. a. skal vurdere korleis anbefalingane kan følgjast opp. FAO/Codex, Det internasjonale kontor for epizootier (OIE) og Den internasjonale konvensjon for plantevern (IPPC ) set standardar og lagar retningslinjer for handelshindrande tiltak av omsyn til folke-, dyre- og plantehelse som òg kan ha betydning for vår regulering av GMO. Miljøverndepartementet bistår helsestyresmaktene for å sikre at prinsippa for GMO-regulering og risikovurdering i norsk lov og Cartagena-protokollen blir tekne vare på i dette arbeidet.
Resultatområde 1 – underområde 4 Friluftsliv
Avgrensing og definisjon av underområde 4
Arbeidet på friluftsområdet skal sikre areal og rettar til ferdsel, opphald og aktivitetar, og stimulere til miljøvennleg friluftsliv. Større fjell- og skogsområde, strandsona langs sjø og vassdrag og naturen i og ved byar og tettstader er mest pressa av blant anna utbyggingar, tekniske inngrep og motorisert ferdsle. Areal for friluftsliv, grunnlaget for jakt og fiske og natur- og kulturopplevingar blir òg tekne vare på gjennom arbeidet på resultatområda 2 og 6. Friluftsliv i polare område er dekt av resultatområde 5.
Tabell 6.9 Mål- og indikatortabell for underområde 4 Friluftsliv. Nasjonalt resultatmål 1.
Nasjonalt resultatmål | Miljøforvaltningas arbeidsmål | Miljøforvaltningas resultatindikatorar |
---|---|---|
Nasjonalt resultatmål 1.4.1 Friluftsliv basert på allemanns- retten skal haldast i hevd i alle lag av befolkninga. | 1.4.1.1 Stimulere til utøving av miljøvennleg friluftsliv i sam- arbeid med relevante partar, under dette frivillige organisa sjonar. | Statistikk om folks deltaking i friluftsliv, under dette: - Dagsturar og overnattingsturar i naturomgivnader. - Bruk av nærområde i byar og tettstader. Bærplukking, fritidsfiske og jakt. |
Statusbeskriving
Hovudarbeidet innan friluftsliv er å følgje opp dei tiltaka som ligg i St. meld. nr. 39 (2000-2001) Friluftsliv – Ein veg til høgare livskvalitet.
Regjeringa vil i løpet av 2008 leggje fram forslag om ei eiga lov om naturområde i Oslo og nærliggjande kommunar (Marka). Det vil framleis vere ekstra fokus på utviklinga i strandsona.
Undersøkingar viser at ungdom (16 – 29 år) si deltaking i friluftsliv og deira kunnskap om allemannsretten er redusert dei seinaste tiåra. Dette gjer ungdom til ei svært viktig målgruppe for motivasjons- og informasjonsarbeidet. Ein vil òg følgje opp arbeidet med friluftsliv og folkehelse (fysisk aktivitet og psykisk helse) og ha særskilt fokus på nye målgrupper som etniske minoritetar og funksjonshemma.
Arbeidsmål 1.4.1.1 Stimulere til utøving av miljøvennleg friluftsliv i samarbeid med relevante partar, under dette frivillige organisasjonar
2009 er Kulturminneåret og det er naturleg å sjå kulturminne og friluftsliv i samanheng. Kulturminna er i mange høve eit naturleg mål for turar i naturen. Kulturminne og friluftsliv styrkjer opplevinga og læringa ved å opphalde seg i naturen.
Arbeidet med å følgje opp dei gode røynslene dei siste åra frå tiltak retta mot barn og unge (6 – 15 år) vil fortsetje. Regjeringa vil medverke til at organisasjonane kan ha eit høgt aktivitetsnivå i 2009 òg. Ei doktorgradsavhandling (NTNU 2008) syner relativt stabil og høg oppslutning om dei mest sentrale friluftslivsaktivitetane. Samla sett har den delen av befolkninga over 16 år som utøvar friluftsliv auka med fire prosentpoeng dei siste 30 åra. Dette er gledeleg, og viser at ein har lukkast med dei tiltaka som har vore sette inn.
Den tilsynelatande stabiliteten i aktivitetsmønsteret skjuler likevel ei urovekkjande utvikling i ungdomsgruppa (16-24 år). Nedgangen i oppslutning om det «tradisjonelle» friluftslivet er på heile 10 prosentpoeng i perioden 1970 – 2004. Sviktande oppslutning blant ungdommen om dei tradisjonelle friluftslivsaktivitetane ser ut til å vedvare. Dette vil kunne resultere i sviktande deltaking blant dei vaksne (over 24) om nokre tiår. Både av miljø- og folkehelseomsyn er det derfor naudsynt å rette ein særskilt stimuleringsinnsats mot ungdommen i tida framover.
Tabell 6.10 Mål- og indikatortabell for underområde 4 Friluftsliv. Nasjonalt resultatmål 2.
Nasjonalt resultatmål | Miljøforvaltningas arbeidsmål | Miljøforvaltningas resultatindikatorar |
---|---|---|
Nasjonalt resultatmål 1.4.2 Barn og unge skal få høve til å utvikle dugleik i friluftsliv. | 1.4.2.1. Barn og unge skal meistre trygg og miljøvennleg ferdsel i utmark. | Kunnskap om allemannsretten, fjellreglane og sjøvettreglane innan fylte 18 år. Prosentdelen av barn og unge under 18 år som har delteke i friluftsaktivitetar dei siste 12 månadene. Talet på medlemmer i ungdoms organisasjonar dominerte av akti vitetar retta mot natur- og frilufts liv (som f.eks. speidarforeiningar og DNTs ungdomsgrupper). |
Arbeidsmål 1.4.2.1 Barn og unge skal meistre trygg og miljøvennleg ferdsel i utmark
Friluftslovas 50-års-jubileum vart markert i 2007. Eit viktig fokus i feiringa var allemannsretten. Likevel viser «Natur- og miljøbarometeret for 2008» at kunnskapen om allemannsretten fall med 7 prosentpoeng blant unge (15–29 år) frå 2007. Dette krev ein kritisk gjennomgang av informasjonsstrategien vår med sikte på å auke kunnskapsnivået i denne viktige målgruppa.
Undersøkingar viser at kunnskap og dugleik aukar med målretta stimulering, og at grunnlaget for gode friluftslivsvanar i vaksen alder blir lagt i barndommen. Det er derfor gledeleg å konstatere at deltaking i friluftsliv blant dei aller yngste (6–15 år) ligg på eit høgt nivå, og har gått opp sidan 1997. Det er rimelig å tru at satsing ved ei rekkje førskular og skular har ført til at fleire barn tek del i friluftslivsaktivitetar. Dette skjer både gjennom brei offentleg innsats og gjennom samarbeid med friluftslivsorganisasjonane. Fleire av desse har eigne barneorganisasjonar, til dømes Barnas Turlag, Fiskeklubben, KFUM-KFUK-speidarane og Norske 4H, og talet på medlemmer blant dei yngste har auka i fleire av organisasjonane. Friluftsrådas Landsforbund (FL) si satsing «Læring i friluft» har ført til ein auke på 10 pst. i talet på lærarar og barnehagetilsette som deltek på kurs. Talet på barn som deltok i friluftslivsaktivitetar gjennom skule, barnehage og på fritid i regi av FL auka med 30 pst. frå 2006 til 2007. I ein ny undersøkelse ved Høgskulen i Hedmark blir det slått fast at uteskule ikkje berre gir elevane meir frisk luft og fysisk aktivitet, men at det òg er mogleg å arbeide med sentrale fagemne innafor alle skulefag utanfor klasserommet.
For å bidra til meir bruk av friluftsliv i skulen, både som helsebringande og pedagogisk verkemiddel, er det etablert eit «Forum for friluftsliv i skulen». Dette er eit landsdekkjande, breitt samarbeidsforum som arbeider for at alle elevar skal få oppleve meistring og trivsel gjennom eit aktivt friluftsliv, og etablere gode vanar for å vere ute i natur. Det vil bli oppretta ein særskilt nettstad (www.friluftsliviskolen.no) som ein infobank for dette feltet.
Nedgangen i oppslutninga om «tradisjonelle» friluftslivsaktivitetar for ungdomsgruppa (16–29 år) kan i stor grad tilskrivast auka konkurranse frå andre innandørs fritidsaktivitetar, mellom anna knytt til bruk av data. Det er særlig tur- og haustingsaktivitetar som går ned. For skiturar er det til dømes ein samla nedgang i oppslutninga på 38 prosentpoeng mellom 1970 og 2004. Meir moderne friluftslivsaktivitetar som terrengsykling, skisegling, alpint og elvepadling er i vekst. Auken i nye aktivitetar blant ungdom er likevel ikkje nok til å kompensere for fråfallet frå dei «tradisjonelle» friluftslivsaktivitetane.
I Miljøverndepartementets samarbeid med organisasjonane og dei andre departementa til fremje av friluftsliv og fysisk aktivitet vil det framover vere eit særskilt fokus på ungdomsgruppa.
Tabell 6.11 Mål- og indikatortabell for underområde 4 Friluftsliv. Nasjonalt resultatmål 3.
Nasjonalt resultatmål | Miljøforvaltningas arbeidsmål | Miljøforvaltningas resultatindikatorar |
---|---|---|
Nasjonalt resultatmål 1.4.3 Område av verdi for friluftslivet skal sikrast slik at miljøvennleg ferdsel, opphald og hausting blir fremja og naturgrunnlaget teke vare på. | 1.4.3.1 Viktige område for friluftsliv skal vere sikra for formålet ved kjøp, bandlegging og avtalt fleirbruk av naturområde. | Talet på nye område pr. år. |
1.4.3.2 Alle statleg sikra frilufts livsområde (inkl. skjergards parkar) og markaområde i alle større kommunar, skal inngå i forvaltningsplanar. | Prosentdelen av friluftsområde med slikt forvaltningsopplegg. | |
1.4.3.3 Viltressursar og fiske ressursar i ferskvatn som kan utnyttast skal vere tilgjengelege for allmenta. | Prosentdelen av område som kan utnyttast (dvs. fiskeførande vatn og vassdrag og jaktterreng for småvilt) i eit utval kommunar med sal av kort for fiske og småviltjakt. |
Arbeidsmål 1.4.3.1 Viktige område for friluftsliv skal vere sikra for formålet ved kjøp, bandlegging og avtalt fleirbruk av naturområde
Det er no sikra totalt meir enn 2 000 område til friluftslivsformål ved kjøp eller avtaler om bruk av eigedom. I 2007 vart 58 nye område sikra for friluftsliv, av desse vart 32 område sikra ved kjøp, 20 ved avtaler om skjergardspark i Lister-regionen og 6 ved overtaking av friluftseigedommar frå Forsvaret. Det går i tillegg føre seg arbeid i kommunane med å gjennomføre nye kjøp/avtaler, utviding av skjergardsparkar og overtaking av fleire område frå Forsvaret. Regjeringa prioriterer høgt arbeidet med å sikre nye friluftsområde, særleg område i kystsona. Det å gjere nye strandområde tilgjengelege er eit konkret tiltak som betrar tilhøva for friluftsliv for mange brukarar. Innsatsen for sikring, tilrettelegging og drift av særskilte friluftsområde ved kjøp eller avtaler vil fortsetje.
Arbeidet for å opne ulike typar statseigedom for allmenta vil òg fortsetje, særleg dei områda som Forsvaret og andre statlege grunneigarar ikkje lenger har bruk for. Direktoratet for naturforvaltning gjer kvart år ei vurdering av Forsvarets eigedomsportefølje med utgangspunkt i allmenne friluftslivsinteresser for å identifisere eigedommar som framleis bør vere i offentleg eige. I 2007 vart 18 nye eigedommar vurderte som viktige for friluftslivet. Direktoratet vil framleis følgje avhendingsprosessen tett, og medverke til å sikre nye eigedommar. Etter nye rutinar for offentleg avklaring kan dette gjerast gjennom kjøp av heile eller delar av eigedommar og gjennom klausulering formulert i kjøpekontrakt.
Samarbeidet mellom Friluftsrådas Landsforbund og Direktoratet for naturforvaltning om sikring og tilrettelegging av friluftsområde vil halde fram. Samarbeidet med Kristiansand, Bergen, Oslo og Trondheim kommunar for å sikre viktig grønstruktur vil bli ført vidare i 2009. Strandsonearbeidet vart i 2007 følgt opp med 2,5 mill. kroner til kystsonenettverk og juridisk bistand til kommunane. Det er framleis sterkt fokus på å hindre uheldig utbygging i strandsona, og leggje til rette for allmenta gjennom sikring, god arealplanlegging og juridisk bistand. Arbeidet vil bli ført vidare i 2009, og det skal setjast auka fokus på å styrkje avgjerds- og kunnskapsgrunnlaget, bl.a. gjennom innsats for kartlegging av friluftslivsverdiar i kystkommunane.
Den kommande markalova vil gi eitt av dei viktigaste og mest brukte friluftsområda i landet ei varig grense, og leggje til rette for friluftsliv og naturoppleving innafor ei fleirbruksramme.
Arbeidsmål 1.4.3.2 Alle statleg sikra friluftslivsområde (inkl. skjergardsparkar) og markaområde i alle større kommunar skal inngå i forvaltningsplanar
For å skape godt grunnlag for opparbeiding og drift av friluftsområde og bidra til auka tilgjenge for fleire brukargrupper, blant anna funksjonshemma, har kommunane i samarbeid med friluftsråda og i samråd med fylkesmannen utarbeidd enkle planar for forvaltninga av dei viktigaste statleg sikra friluftslivsområda i kvart fylke. Som ledd i dette arbeidet er det utarbeidd heilskaplege forvaltningsplanar som blant anna omtaler behovet for tilrettelegging og skjøtselsnivå for størsteparten av friluftslivsområda i Oslofjorden, skjergardsparkane på Sørlandet og Vestkystparken. Det er no utarbeidd forvaltningsplanar for meir enn 50 pst. av dei sikra friluftsområda.
Skjergardstenesta er etablert med uniformerte båtar og mannskap langs heile kysten frå Østfold til og med Hordaland. Denne tenesta er resultatet av eit samarbeid mellom fleire aktørar på kommunalt, fylkeskommunalt og statleg nivå. Statleg medverknad utgjer ein viktig del av grunnlaget for verksemda, knytt til både driftsmidlar og investeringsmidlar til båt.
Kystleiprosjektet i regi av Den norske turistforeining (DNT), Friluftsrådas Landsforbund (FL) og Forbundet Kysten er eit tiltak for å stimulere og leggje til rette for eit ikkjemotorisert friluftsliv langs kysten.
Det finst viktige markaområde i og kring mange andre store byar og tettstader i landet. Den nye plan- og bygningslova gir gode verkemiddel til å ta vare på desse områda. Det er utarbeidd ein «Marka-rettleiar» som eit tilbod til dei kommunane som forvaltar viktige bymarker.
Status for bygging i strandsona er omtalt under resultatområde 6.
Arbeidsmål 1.4.3.3 Viltressursar og ressursar av ferskvassfisk som kan utnyttast skal vere tilgjengelege for allmenta
Organiseringa av jakt og fiske varierer mellom kommunar og fylke. Gjennom eit konstruktivt samarbeid med rettshavarane blir fleire og fleire område opna for allmenta. Dette fører til at aktiviteten aukar på dette feltet.
Det vert ikkje kravd fiskaravgift for innlandsfisk. For laksefiske er det mogleg å betale fiskaravgift for familiar.
Talet på jegerar aukar svakt for kvart år. Ved starten på det nye jaktåret 1. april 2008 var det registrert 411 100 norske jegerar i Jegerregisteret. 42 570 av desse var kvinner. 194 300 personar betalte jegeravgifta for jaktåret 2007/2008. Det er 2 800 fleire enn førre jaktår. Sist jaktår betalte 12 400 kvinner jegeravgift, en andel på 6,5 prosent. Kvinneandelen aukar og er nesten dobla på ti år.
Tabell 6.12 Mål- og indikatortabell for underområde 4 Friluftsliv. Nasjonalt resultatmål 4.
Nasjonalt resultatmål | Miljøforvaltningas arbeidsmål | Miljøforvaltningas resultatindikatorar |
---|---|---|
Nasjonalt resultatmål 1.4.4 Ved bustader, skular og barne hagar skal det vere god tilgang til trygg ferdsel, leik og annan aktivitet i ein variert og samanhengande grønstruktur med godt samband til omkringliggjande naturområde. | 1.4.3.4 I samarbeid med aktuelle partar leggje til rette for at minst 30 pst. av bustader, skular og barnehagar i eit utval byar og tettstader har trygt og tilgjengeleg rekreasjonsareal innan 500 meters avstand og i tilknyting til ein samanhengande grøn struktur. | Prosentdelen slike bygningar med rekreasjonsareal og til knyting til grønstruktur innan 500 meter. |
Arbeidsmål 1.4.4.1 I samarbeid med aktuelle partar leggje til rette for at minst 30 pst. av bustader, skular og barnehagar i eit utval byar og tettstader har trygt og tilgjengeleg rekreasjonsareal innan 500 meters avstand og i tilknyting til ein samanhengande grønstruktur
Kartlegging av grønstrukturen skal leggjast til grunn i den kommunale planlegginga og forvaltninga, og bli ein premiss for vidare tettstadutvikling. Fleire kommunar har dei seinare åra gjennomført slik kartlegging, mellom anna gjennom bruk av metoden «grøn plakat» og eigne kommunedelplanar for grønstrukturen. I tillegg har Statistisk sentralbyrå utvikla ein metode for å overvake arealstorleikar og tilgjenge til slike nære, grøne lunger. Tilgang på nærturterreng minkar ved aukande tettstadsstorleik. Dårligast stilt er det i dei største byane våre, og det er bustadblokkene som har dårlegast tilgang på nærturterreng. Tilsvarande negativ tendens ser vi òg for tilgangen til leike- og rekreasjonsareal.
Det er planlagt å gjennomføre ei ny undersøking av stoda i 2009 i samband med miljøsatsinga i dei større byane (prosjektet «Framtidens byer»).
Verkemiddel
Finansieringa er i hovudsak dekt av budsjettramma for Direktoratet for naturforvaltning, jf. kap. 1427, og fagkapitla 1425 og 1426, men kapitla 1400, 1410, 1429 og 1441 inneheld òg budsjettmidlar som medverkar til finansieringa av resultatområdet i 2009. Fylkesmannen har òg ansvar for store oppgåver under resultatområde 1. Ein viser til nærare omtale av desse under resultatområde 7. Midlar til lønn og drift for desse oppgåvene er budsjetterte på kap.1510 Fylkesmannsembeta under Fornyings- og administrasjonsdepartementets budsjett.
Naturvernlova, viltlova, lakse- og innlandsfisklova, genteknologilova og plan- og bygningslova er dei viktigaste juridiske verkemidla for miljøforvaltninga innan underområde 1, 2 og 3. Friluftslova har innverknad på arealforvaltning og naturbruk. Vernearbeidet etter naturvernlova skjer i det alt vesentlege gjennom tematiske fylkesvise verneplanar, nasjonalparkplanen, marin verneplan og verneplanar for utvida skogvern. Område med særleg store natur- og kulturverdiar kan òg fredast etter kulturminnelova, eventuelt i kombinasjon med naturvernlova og plan- og bygningslova. Plan- og bygningslova er det viktigaste generelle verkemidlet for å ta vare på omsynskrevjande naturtypar og arter på dei ca. 85 pst. av areala som ikkje er omfatta av vern.
Lov om statleg naturoppsyn har som mål å ivareta nasjonale miljøverdiar og førebyggje miljøkriminalitet. Lova har lagt grunnlaget for etablering av Statens naturoppsyn.
Motorisert ferdsel i utmark og vassdrag er regulert av motorferdsellova og nasjonal forskrift for bruk av motorkøyretøy i utmark. Her òg er det stort behov for målretta og samordna oppsyns-, kontroll- og førebyggingstiltak.
Framstilling og bruk av genmodifiserte organismar (GMO) er regulert i genteknologilova, i samsvar med prinsippet om berekraftig utvikling. Forvaltninga i Miljøverndepartementet skjer i samråd med andre aktuelle departementet.
I utgreiing NOU 2004:28 Lov om bevaring av natur, landskap og biologisk mangfold (naturmangfaldlova) fremja Biomangfaldlovutvalet forslag til endringar i erstatningsordninga ved vern etter naturvernlova. Miljøverndepartementet legg til grunn at grunneigarar og rettshavarar som har fått område verna som nasjonalpark eller landskapsvernområde, og der den ordinære fristen for å krevje erstatning ikkje gjekk ut 1. januar 2002, skal få utsetjing av fristen til seks månader etter at ny naturmangfaldlov trer i kraft. Dette endrar ikkje den ordinære fristen på eitt år for å framsetje krav om erstatning etter naturvernlova § 20 b.
Ulike internasjonale konvensjonar og avtaler står sentralt i utvikling og oppfølging av norsk arbeid med naturens mangfald, med Konvensjonen om biologisk mangfald som den mest sentrale av desse. Det er no stort fokus på oppfølging av konvensjonen for å nå 2010-målet om å stanse tapet av arter og økosystem. Konkretisering av nødvendige tiltak og rapportering er derfor prioritert. Naturens mangfald er eit prioritert tema i Regjeringas handlingsplan for miljøretta utviklingssamarbeid. Gjennom arbeidet i PEBLDS, EEA og Bern-konvensjonen er det ei regional tilnærming til dette arbeidet som Noreg òg vil prioritere. Resultatområde 5 gir ei omtale av anna internasjonalt samarbeid som òg omfattar naturmangfald, bl.a. i høve til arktisk samarbeid, naturvernsamarbeid med Russland og miljøretta bistand.
Internasjonalt blir det arbeidd i ulike fora med problema kring avskoging i tropiske land, og ulovleg og ikkje berekraftig hogst og handel med tropisk tømmer. Det er bestemt at staten ikkje skal kjøpe inn produkt av tropisk tømmer som anten er ulovleg eller produsert på ein ikkje berekraftig måte. Dette betyr at tropiske tømmerprodukt som blir kjøpte inn av staten må vere sertifiserte gjennom ei godkjent sertifiseringsordning.
Statlege midlar er med på å sikre regionalt og nasjonalt viktige friluftslivsområde, jf. underområde 4 Friluftsliv. Statlege midlar er òg viktige for å motivere kommunane til å realisere vedtekne planar for å bevare grønstruktur og leggje til rette for friluftsliv, jf. St.meld. nr. 23 (2001-2002) Bedre miljø i byer og tettsteder.
I tillegg er friluftslova, lakse- og innlandsfisklova og viltlova viktige juridiske verkemiddel i arbeidet med friluftsliv. Miljøverndepartementet har gitt ut eit rundskriv om friluftslova med oversikt over dei oppgåvene kommunane har når det gjeld å fremje allmenta sine friluftsinteresser.
Plan- og bygningslova er det generelle verkemidlet som kommunane har for å utvikle gode område for friluftsliv for alle folkegrupper og interesser.
I samarbeid med kommunane medverkar staten til finansiering av driftsordningar for skjergardsparkane. I kystsona frå Østfold til og med Hordaland er dette samordna gjennom Skjergardstenesta, der staten gjennom Statens naturoppsyn har det nasjonalt overordna ansvaret og gir økonomiske tilskot til driftsutgifter, båtinvesteringar mv. Statens naturoppsyn arbeider òg med å integrere naturoppsyn i den daglege drifta av skjergardstenesta.
Det blir vidare gitt driftsstøtte til Friluftslivets fellesorganisasjon (FRIFO), Den Norske Turistforeining, Noregs Jeger- og Fiskarforbund og Friluftsrådas Landsforbund. Dette gjeld blant anna til arbeidet i Forum for natur og friluftsliv som er organisert i alle fylke. Det blir dessutan gitt tilskot til stimuleringstiltak i regi av dei frivillige organisasjonane. Desse midlane er knytte til aktivitetsretta prosjekt med formål å stimulere nye grupper, især barn og unge, til å utøve friluftsliv.
Det blir òg gitt tilskot til frivillige organisasjonar sitt arbeid med tilrettelegging for fritidsfiske og jakt.
Informasjon/kommunikasjon er eit viktig strategisk verkemiddel for å nå måla under resultatområdet. Prinsippa for universell utforming er lagt til grunn for styresmaktenes arbeid med friluftsliv.
7 Resultatområde 2 Bevaring og bruk av kulturminne
Resultatområdet omfattar arkeologiske og marinarkeologiske kulturminne, bygningar og anlegg, kulturmiljø og fartøy.
Definisjon og avgrensing
Alle spor etter menneska sine liv og verksemd i omgivnadene, er kulturminne og kulturmiljø anten dei tilhøyrer ei fjern eller nær fortid. Målet er å ta vare på eit utval av desse kulturminna.
Arkeologiske kulturminne er dei fysiske spora etter menneskeleg aktivitet som finst i og under markoverflata. Alle typar kulturminne eldre enn frå år 1537 er etter kulturminnelova automatisk freda. Bygningar som er undersøkt og stadfesta oppført i perioden 1537-1650 er og automatisk freda. For samiske kulturminne er grensa for automatisk freding sett til 100 år.
Marinarkeologiske kulturminne er alle kulturminne som ligg under vatn, både i havet, i vassdrag og i innsjøar. Slike kulturminne eldre enn frå år 1537 er automatisk freda. Skip og gjenstandar som kan ha vore om bord i desse, og som er eldre enn 100 år, tilhøyrer staten dersom eigaren ikkje er kjend, og vert forvalta som freda.
Kulturminne som ikkje er automatisk freda, kan fredast i medhald av kulturminnelova uavhengig av alder. Dette gjeld bygningar og anlegg, fartøy og kulturmiljø som er område der kulturminne inngår som del av ein større heilskap eller samanheng.
Verneverdige bygningar med lokal og regional betydning kan sikrast gjennom plan- og bygningslova.
Strategisk mål
Mangfaldet av kulturminne og kulturmiljø skal forvaltast og takast vare på som bruksressursar, og som grunnlag for kunnskap, oppleving og verdiskaping. Eit representativt utval av kulturminne og kulturmiljø skal takast vare på i eit langsiktig perspektiv.
Dei nasjonale måla skal nåast gjennom 10 konkrete bevaringsprogram, jf. St.meld. nr. 26 (2006-2007) Regjeringens miljøpolitikk og rikets miljøtilstand. Programma omfattar gjennomgang av tilstand og tiltak for sikring, istandsetjing og vedlikehald. Programma legg auka vekt på den innverknad kulturarven har i lokalsamfunna og i regionane. Regjeringas strategi for sikring og istandsetjing av kulturminne og kulturmiljø gir eit godt grunnlag for å prioritere innsats og tiltak.
Løyvingane over statsbudsjettet har auka dei seinare åra. Erfaringar viser at med framhaldande styrke og målretta innsats vil det vere mogleg å snu ein negativ trend og nå måla innan 2020. For eksempel i arbeidet med freda bygningar i privat eige, som har høg prioritet og som har fått størst påplussingar, er ein no på god veg til å nå målet.
Det vil bli arbeidet med å forbedre resultatindikatorene ifm med budsjettet for 2010.
Tabell 7.1 Mål- og indikatortabell for resultatområde 2 nasjonale mål 1.
Nasjonale resultatmål | Miljøforvaltningas arbeidsmål | Miljøforvaltningas resultatindikatorar |
---|---|---|
1. Det årlege tapet av verneverdige kulturminne og kulturmiljø som følgje av fjerning, øyde- legging eller forfall skal minimaliserast og skal innan år 2020 ikkje overstige 0,5 prosent årleg. | 1.1. Føre ei tydeleg og føreseieleg forvaltning av arkeologiske kulturminne. | Strategi og klare faglege føringar for å sikre arkeologiske kulturminne i langsiktig perspektiv. Talet på nye registreringar. Del kommunar som er à jour med registrerte arkeologiske kulturminne i Askeladden. Periodevis tap og skade, og årsaksforhold i utvalte lokalitetar over og under vatn. |
1.2. Halde fortløpande oversikt over tap og endringar av verneverdige kulturminne og kulturmiljø. | Prosentvis årleg tap av SEFRAK-registrerte bygningar. Vurdering av antikvariske og miljømessige konsekvensar av økonomiske, juridiske og andre viktige vilkår for forvaltning av bygningar og anlegg. Talet på freda bygningar og anlegg og tette trehusmiljø som går tapt i brann. Oppdatert oversikt over verneverdige fartøy innanfor alle kategoriar. | |
1.3. Medverke til aktiv bruk og bevaring av kulturminne, kulturmiljø og landskap som grunnlag for økonomisk, sosial, kulturell og miljømessig verdiskaping. | Betre og meir dokumentert kunnskap om samanhengane mellom verdiskaping og kulturminne, kulturmiljø og landskap. | |
1.4. Medverke til at kommunal sektor og andre samfunnssektorar tek meir ansvar for kulturminne og kulturmiljø. | Talet på kommunar med vedteken kommunedelplan for kulturminne og kulturmiljø. Talet på reguleringsplanar for bevaring. Talet på kommunar og arealbrukande sektorar som nyttar Askeladden. Utviklingsarbeid med kommunane som er sett i verk. Tilstand og utvikling i jordbrukslandskapet ifølgje overvakingsprogrammet 3Q. Sektorsamarbeid bl.a. innanfor kystkultur som er sett i verk. Planlagde tiltak i samband med kulturminneåret 2009. | |
1.5. Halde oversikt over kulturmiljø og landskap av nasjonal interesse med tilfredsstillande forvaltning. | Talet på identifiserte kulturmiljø og landskap av nasjonal interesse. Talet på område med tilfredsstillande forvaltningsplanar og verkemiddel. Kvalitativ vurdering av utviklinga for kulturmiljø og landskap. | |
1.6. Leggje til rette for at kulturminnefondet er ei viktig finansieringskjelde i forvaltning av kulturminne og kulturmiljø, og eit viktig verkemiddel i verdiskaping med grunnlag i kulturminne. | Talet på prosjekt som har fått tilskot over kulturminnefondet innan prioriterte satsingsområde. |
Statusbeskriving
Arbeidsmål 1.1. Føre ei tydeleg og føreseieleg forvaltning av arkeologiske kulturminne
Omlegginga av forvaltningspraksis slik at staten no som hovudregel dekkjer utgifter til arkeologisk arbeid ved mindre private tiltak har ført til ein merkbar auke i talet på saker. Frå 2006 til 2007 vart talet på slike saker dobla. Tendensen ser ut til å halde fram. Kostnadene i dei enkelte sakene kan variere mykje som følgje av ulikt omfang på dei ulike tiltaka og ulik karakter og verdi på kulturminna. Tilskota er svært viktige for at privatpersonar kan gjennomføre planlagde tiltak. Den nye praksisen kan òg bidra til at det blir rapportert inn fleire arkeologiske funn. Dette bidrar til ei betre forvaltning og fører til auka oppslutning om vernet av arkeologiske kulturminne.
Det er viktig for kulturminneforvaltninga og andre samfunnsaktørar å ha god oversikt over kor kulturminne og kulturmiljø finst. For å halde oversikt over utviklinga når det gjeld tilstanden til kulturminna og sikre oss mot ukontrollerte tap, blir det gjennomført periodevise kontrollar i avgrensa geografiske område. Oversiktene viser at utviklingstrenden er negativ. Kulturminnedatabasen Askeladden inneheld lett tilgjengeleg og oppdatert informasjon om freda kulturminne, type, kvar dei ligg, tilstand og fredingsstatus og er eit sentralt verktøy for forvaltning av kulturminne.
I 2008 er det sett i gang arbeid med å utforme ein tydelegare strategi for å sikre arkeologiske kulturminne på land og under vatn. Arbeidet er planlagt avslutta i 2010. Dette arbeidet skal danne grunnlaget for kulturminneforvaltninga si utøving av mynde og sikre ein føreseieleg forvaltningspraksis.
Musea og Riksantikvaren sine faglege program ved dei respektive institusjonane, gir viktig grunnlag for forvaltning av arkeologiske kulturminne. Miljøverndepartementet set i verk tiltak for å sikre lik og føreseieleg forvaltningspraksis i heile landet. Viktige tiltak som er under gjennomføring, er utarbeiding av felles budsjettmal for arkeologiske utgravingar og retningslinjer for dekning av utgifter til arkeologiske utgravingar ved gjennomføring av mindre, private tiltak. Arbeidet blir avslutta i 2008.
Arbeidsmål 1.2. Halde fortløpande oversikt over tap og endringar av verneverdige kulturminne og kulturmiljø
Kontrollregistreringar av «SEFRAK»-bygningar viser at tapet av bygningar er stort. Forfall, tap og omfattande endringar betyr ein reduksjon av mangfaldet i bygningstypar. Bygningar som er i aktiv bruk har ein lågare prosentdel av tap. Det må derfor gis løyve til bruksendringar for at bygningar kan brukast og dermed bli tekne vare på.
Rettsakter i EU som blir implementerte i norsk lov, kan påverke høvet til å drive antikvarisk arbeid og bygningsvern. 24 EU-rettsakter er identifiserte som problematiske for antikvarisk arbeid med bygningsvern. Dersom dette arbeidet ikkje blir følgt opp nasjonalt gjennom å syte for nødvendige unntak, kan implementerte rettsakter indirekte bidra til å auke det årlege tapet av verneverdige kulturminne. Noreg medverka i samarbeid med andre europeiske land til at tjære vart teke ut av Biocid-direktivet og sikra dermed høvet til framhalden bruk av tjære ved arbeid på stavkyrkjer og mellomalderbygningar i tre.
Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap (DSB) samarbeider med Riksantikvaren om brannsikring av verneverdig tett trehusbusetnad. Det er gjennomført ei kartlegging av ca. 180 trehusmiljø og utarbeidd ein rettleiar. Brannsikringa av den tette trehusbusetnaden i Bergstaden Røros er no avslutta. Brannsikring av busetnaden på Grip er godt i gang. Det er gitt tilskot til brannsikring av fleire andre tette trehusmiljø, blant anna Risør. Det er òg gjort ein stor innsats når det gjeld brannsikring av stavkyrkjene, jf. 2.3. Tilskot til arbeid med brannsikringsplanar er prioritert. Utfordringane framover er i stor grad knytte til dei ressursane regional og kommunal forvaltning har til å prioritere og følgje opp arbeidet med brannsikring av tette trehusmiljø.
Arbeidsmål 1.3. Medverke til aktiv bruk og bevaring av kulturminne, kulturmiljø og landskap som grunnlag for økonomisk, sosial, kulturell og miljømessig verdiskaping
Verdiskapingsprogrammet gir kunnskap om korleis kulturminne, kulturmiljø og landskap kan gi grunnlag for verdiskaping. Fase 1 av programmet går ut i 2010 og omfattar 11 pilotprosjekt som dekkjer heile landet. Erfaringane frå prosjekta så langt viser at kulturarven kan vere viktig ressurs både i stads- og næringsutvikling, og at denne ressursen kan aktiviserast gjennom målretta innsats. Pilgrimsleden som går frå Oslo til Nidarosdomen, kan nemnast som eit vellykka eksempel på eit pilotprosjekt innafor Verdiskapingsprogrammet. Prosjektet har på ein særleg god måte kombinert naturoppleving og kulturminne med ulike former for kommersiell verksemd, og har fått ei ikkje ubetydeleg internasjonal merksemd. Natur- og kulturarven er ein del av grunnlaget for reiselivet i Noreg. Utfordringa i prosjekta er å styrkje kompetansen og å utvikle gode samarbeidsrelasjonar og funksjonelle nettverk mellom styresmakter, kompetansemiljø, næringsorganisasjonar, næringsutøvarar og potensielle etablerarar. Prosjekta synleggjer eit stort potensial. Programmet blir midtvegsevaluert ved årsskiftet 2008/09.
Arbeidsmål 1.4. Medverke til at kommunal sektor og andre samfunnsektorar tek meir ansvar for kulturminne og kulturmiljø
Kommunane
Plan- og bygningslova er kommunane sitt viktigaste verkemiddel for å sikre kulturminne og kulturmiljø.
Det er stadig fleire kommunar som tek i bruk Askeladden i sitt arbeid med å sikre kulturminne og kulturmiljø. Pr. 1. juli 2008 har 327 kommunar teke i bruk registeret.
NIKU og Universitetet i Tromsø samarbeider i eit prosjekt for å få fram kunnskap om korleis nokre kommunar har lukkast i å ta vare på viktige kulturmiljø som samtidig fungerer godt i lokalsamfunnet. Sluttrapport vil liggje føre i første kvartal 2009, og vil kunne gi viktig informasjon og inspirasjon til kommunane i kulturminneåret.
Riksantikvaren arbeider med etablering av ein database for by- og tettstadsmiljø som har nasjonal interesse. Databasen er eit verktøy som kan nyttast i saksbehandlinga i kommunane og fylkeskommunane og er planlagt teken i bruk i 2009.
Det er ei utfordring at kommunane ikkje har samla oversikt over verneverdige kulturminne. Miljøverndepartementet vil arbeide for å betre dette, bl.a. gjennom at kommunane si rapportering gjennom KOSTRA-systemet i større grad blir tilpassa behovet for oversikt over verneverdige kulturminne.
Staten
Statens kulturhistoriske eiendommer (SKE) er eit prosjekt under Fornyings- og administrasjonsdepartementet som starta i 2003. Prosjektet omfattar registrering av alle statens bygningar med omsyn til verneverdi. Det er under utarbeiding landsverneplanar for dei ulike statlege sektorane og overordna føresegner for forvaltninga av statens kulturhistoriske eigedommar. Dette er det største bevaringsprosjektet relatert til kulturminne som har vore gjennomført i statleg regi. Prosjektet blir avslutta i 2008. Då vil prosjektet sine oppgåver blir overførte frå Fornyings- og administrasjonsdepartementet til Miljøverndepartementet.
I løpet av 2007 har dei fleste sektorane starta eller ført vidare arbeidet med landsverneplanar.
14 planar er under arbeid. 3 planar er planlagt ferdigstilte i 2008 og 5 i 2009. Riksantikvaren er rådgivar for alle tiltak på dei kulturhistorisk viktige anlegga. Som ein del av planprosessen skal Riksantikvaren ta stilling til kva slag bygningar og anlegg som skal fredast og gjennomføre fredingar.
I tillegg til å lage landsverneplanar, nyttar ei rekkje sektorar eigne verkemiddel til å sikre kulturminne som representerer verksemda i sektorane.
Landbrukssektoren arbeider med å ta vare på landbrukets kulturarv i samband med nedlegging eller omlegging av drift i landbruket. Dette er ei oppgåve som reiser spesielle utfordringar. Sentrale verkemiddel er dei lokale SMIL-midlane og regionale miljøprogram. I eit samarbeid mellom Statens Landbruksforvaltning, Direktoratet for naturforvaltning og Riksantikvaren blir det utarbeidd eit opplegg for sikring av «Utvalte kulturlandskap i jordbruket».
Store kulturhistoriske og biologiske verdiar skal sikrast god forvaltning gjennom framhalden drift. Det blir òg arbeidd med tiltaksplan knytt til store nye driftsbygningar og tilpassing til kulturmiljø og landskap.
I 2008 blir det valt ut 20 representative jordbrukslandskap med både biologiske og kulturhistoriske verdiar for spesiell oppfølging med omsyn til framhalden drift, jf. omtale under Landbruks- og matdepartementet.
Område innan energisektoren som er spesielt viktige for forvaltning av kulturminne og kulturmiljø, er vindkraft, småkraft, fornying og revisjon av vassdragskonsesjonar og overføringslinjer for kraft.
Olje- og energidepartementet etablerte i 2008 ei sektoravgift, bidrag til kulturminnevern (post 70), på sitt budsjett. Midlane skal gå til å dekkje kostnader til arkeologisk arbeid i samband med fornying og revisjon av vassdragskonsesjonar. Grunnlag for prioriteringar av arkeologiske undersøkingar er beskrive i faglege program, jf. arbeidsmål 1.1.
Direktoratet for naturforvaltning og Riksantikvaren utviklar på oppdrag frå Miljøverndepartementet metodar for landskapsanalysar. Eit høyringsutkast frå første fase skal vere klart hausten 2008. Prosjektet skal i 2009 vidareførast i høve til landskap i kommuneplanar, og landskap og vindkraft, sistnemnde i samarbeid med NVE.
Rettleiar for visualisering av planlagde vindkraftverk vart ferdigstilt i 2007 av NVE i samarbeid med Direktoratet for naturforvaltning og Riksantikvaren.
NVE arbeider for å følgje opp sektoransvaret for sikring, bevaring og formidling av norsk vassdrags- og energihistorie og samarbeider med Riksantikvaren. I 2003-2006 har NVE saman med Riksantikvaren gjennomført prosjektet Kulturminne i norsk kraftproduksjon (KINK), som er ei evaluering av bevaringsverdige vasskraftverk i Noreg.
I 2006 starta det treårige prosjektet «Dammar som kulturminne» som har som mål å presentere eit utval nasjonalt bevaringsverdige dammar i Noreg.
Utbygginga av olje- og gassfelta med overføring via røyrleidningar kan ha særleg verknad for kulturminne under vatn.
I desember 2007 la Regjeringa fram ein reiselivsstrategi som har som hovudmål bl.a. å auke verdiskaping og produktivitet i reiselivsnæringa. Innovasjon Norge og Riksantikvaren utarbeider kriterium for berekraftig reiseliv. Berekraftig reiseliv er òg viktig for pilotprosjekta i Verdiskapingsprogrammet på kulturminneområdet.
Kystverket, Fiskeridirektoratet, ABM-utvikling og Riksantikvaren har utarbeidd felles handlingsplan for arbeidet med kystkultur for 2007-2010. Viktige prioriteringar innanfor handlingsplanen er koordinering av verkemiddel for å sikre ei heilskapleg forvaltning og formidling av kystkulturen og å ta den historiske kystkulturen i bruk som ein ressurs i nærings- og samfunnsutviklinga.
Ei anna viktig prioritering er å synleggjere kulturhistoria langs kysten, mobilisere engasjement for å sikre kystens kulturarv som ein ressurs for lokalsamfunn og regionar, for næringsetablering, og for marknadsføring av produkt og av Noreg som reisemål. Det blir òg arbeidd med eit heilskapleg prosjekt for formidling av utvalte kulturhistoriske epokar i kysthistoria, f.eks. pomorhandelen, hansatida mv. Dette skal gjerast gjennom prosjektet Forteljingar om Kyst-Noreg. I 2008 er det utarbeidd 4 forteljingar.
Kystverket, Fiskeridirektoratet, ABM-utvikling og Riksantikvaren har sidan 2003 arrangert årlege nasjonale kystkulturseminar.
Arbeidsmål 1.5. Halde oversikt over kulturmiljø og landskap av nasjonal interesse med tilfredsstillande forvaltning
Kulturmiljø er større område med samansette kulturminneverdiar. Forvaltninga av kulturmiljøa skapar utfordringar, bl.a. fordi ein del av desse også er levande lokalsamfunn og krev forvaltningsplanar som er tilpassa lokale forhold, aktivitet og utvikling.
Det er i dag freda 6 kulturmiljø etter kulturminnelova § 20. Dette er Havråtunet i Hordaland, områda omkring Utstein kloster i Rogaland, Skoltebyen Neiden i Finnmark, Kongsberg Sølvverk i Buskerud, Sogndalstrand i Rogaland og Birkelunden i Oslo. Desse representerer svært ulike miljø. Samarbeid mellom kulturminneforvaltninga og eigarar, kommunale styresmakter, næringsliv, organisasjonar og andre instansar er nødvendig for å ta vare på eit kulturmiljø og dei kulturhistoriske verdiane. Sjå òg arbeidsmål 2.4.
Arbeidsmål 1.6. Leggje til rette for at kulturminnefondet er ei viktig finansieringskjelde i forvaltning av kulturminne og kulturmiljø, og eit viktig verkemiddel i verdiskaping med grunnlag i kulturminne
Kulturminnefondet er den viktigaste offentlege finansieringskjelda når det gjeld ikkje freda, bevaringsverdige kulturminne og kulturmiljø. Det er òg ei viktig finansieringskjelde for freda kulturminne. I perioden 2003–2007 har ca. 8 pst. av midlane gått til freda anlegg. Kulturminnefondet har i perioden 2003–2007 gitt tilskot til i alt 421 prosjekt med til saman 72,3 mill. kroner. Kulturminnefondet er òg ei vesentleg finansieringskjelde i verdiskapingsprogrammet. Fondet har frå 2005 og fram til 2008 medverka med 11 382 000 kroner fordelt på 54 søknader innafor verdiskapingsprogrammet. Alle dei 11 pilotprosjekta i programmet har fått støtte.
Kulturminnefondet vart evaluert i 2006. Som oppfølging av evalueringa arbeider Miljøverndepartementet med utkast til endra forskrifter for fondet. Forskriftsutkastet vil bli sendt på høyring ved årsskiftet 2008/2009.
Tabell 7.2 Mål- og indikatortabell for resultatområde 2 nasjonale mål 2
Nasjonale resultatmål | Miljøforvaltningas arbeidsmål | Miljøforvaltningas resultatindikatorar |
---|---|---|
2. Freda og fredingsverdige kulturminne og kulturmiljø skal vere sikra og ha ordinært vedlikehaldsnivå i 2020. | 2.1. Sikre og formidle kunnskapsverdiar i bergkunst og andre arkeologiske kulturminne over og under vatn. | Talet på lokalitetar der det er sett i gang tiltak for å betre bevaringsforholda for kulturlag. Delen av registrerte arkeologiske kulturminne utan nye skadar. Talet på arkeologiske kulturminne der skjøtsel og tiltak for auka tilgjenge er gjennomført i løpet av året. |
2.2. Gi gode og føreseielege rammevilkår for private eigarar av freda bygningar og anlegg og freda og verneverdige fartøy. | Delen freda bygningar og anlegg med ordinært vedlikehaldsnivå. Talet på fredingssaker som er sette i gang før 1. januar 2005 og som er ferdig behandla. Talet på fredingsvedtak frå før 1979 som er vurderte mot innhald og omfang. Talet på samiske kulturminne som er sette i stand til ordinært vedlikehaldsnivå. Oppdatert analyse av tilstand og tilskotsbehov for freda og verneverdige fartøy. Tilgang til nettbasert kunnskapsportal for tradisjonsbaserte handsverksfag. | |
2.3. Syte for nødvendig progresjon i arbeidet med å sikre og setje i stand utvalte grupper bygningar og anlegg. | Talet på stavkyrkjer som er sette i stand til ordinært vedlikehaldsnivå. Talet på teknisk-industrielle kul- turminne som er sette i stand til ordinært vedlikehaldsnivå. Talet på ruinar som er sikra og til- rettelagt. | |
2.4. Halde fortløpande oversikt over endringar i freda kultur- miljø. | Periodevis kartlegging av vesent- lege endringar i freda kulturmiljø. | |
2.5. Forvalte dei norske verdsarvstadene i tråd med internasjonale forpliktingar. | Norske verdsarvstader med optimal tilstand, legalt vern og samarbeidsforhold. |
Arbeidsmål 2.1. Sikre og formidle kunnskapsverdiar i bergkunst og andre arkeologiske kulturminne over og under vatn
Kunnskapsverdiar i arkeologiske kulturminne over og under vatn er i utgangspunktet best sikra ved at kulturminna får liggje urørte, men dei kan òg sikrast gjennom utgravingar og forsking. Kunnskap blir formidla gjennom målretta informasjonstiltak og ved tilgang til kulturminna. Universell utforming er viktig i forbindelse med tilrettelegging av kulturminne.
I arbeidsmålet inngår arbeid med to av bevaringsprogramma:
Bevaringsprogrammet for utvalte arkeologiske kulturminne
Arkeologiske kulturminne, frå store gravfelt og gravhaugar til små gjenstandar, er emne for stort lokalt engasjement. Dette viser bl.a. dei mange medieoppslaga om utgravingar og funn i sommarhalvåret. Målet er å gjere eit representativt utval av arkeologiske kulturminne frå ulike periodar tilgjengeleg for publikum. Skadane på og det ukontrollerte tapet av automatisk freda kulturminne på land og freda kulturminne under vatn er betydelege. Regional kulturminneforvaltning utarbeider oversikter over skadde kulturminne der viktige kulturminneverdiar er i ferd med å gå tapt. Oversiktene er eit viktig grunnlag i prioriteringa av musea sine sikringstiltak. For å sikre kulturminna er det nødvendig å nytte ulike og til dels nye registreringsmetodar, og å byggje ut tilstandsovervakinga. For kvart kulturminne som går tapt mister vi viktig kunnskap. Jord- og skogbruk, industri og vegbygging er eksempel på aktivitetar der faren for å skade eller øydeleggje kulturminne er stor. Arbeidet med sikringstiltak er starta, og blir prioritert der det er lokal interesse.
Riksantikvaren overvakar automatisk freda kulturlag i mellomalderbyane. Målet er å dokumentere bevaringsforhold og -tilstanden til kulturlaga, og utvikling over tid. Endringar av kulturlaga kan skje som følgje av menneskeleg verksemd og inngrep eller som følgje av naturlege endringar. Nye teknikkar for peling og fundamentering av bygningar opnar no for utbygging av tomter på mellomaldergrunn i dei automatisk freda mellomalderbyane Trondheim, Oslo, Tønsberg, Skien, Sarpsborg, Hamar, Stavanger og Bergen. Det betyr at fleire tomter som i dag ligg utan bygningar kan byggjast ut. Den første utbygging etter dei nye retningslinjene for pelefundament starta i Tønsberg i 2008.
Bevaringsprogrammet for Bergkunst
Bergkunsten er ein del av ei verdsomspennande kunsthistorie. Det er til no dokumentert 482 bergkunstlokalitetar. Det er registrert skadar på 95 pst. av desse. Aktiviteten knytt til skjøtsel av arkeologiske kulturminne og bergkunst er aukande. I 2007 vart det frå Riksantikvaren gitt skjøtselstilskot til i gjennomsnitt 4 lokalitetar i kvart fylke. I 2008 og i Kulturminneåret 2009 blir det lagt ekstra vekt på skjøtsel og tilrettelegging av arkeologiske kulturminne og bergkunst.
Fylkeskommunar og Sametinget har utarbeidd planar for kva som skal prioriterast framover, og kva slag lokalitetar som skal løftast fram spesielt i Kulturminneåret for å synleggjere verdiane og auke forståinga av bevaringsbehovet for denne typen kulturminne. Ei spesiell utfordring er å finne fram til korleis helleristningar kan formidlast til publikum utan at dei nødvendigvis skal målast opp.
Arbeidet med sikring av bergkunst blir ført vidare. Skjøtsel og tilgjenge er prioriterte oppgåver samtidig med at arbeidet med konservering og utvikling av kunnskap om årsaker til nedbryting held fram.
Arbeidsmål 2.2. Gi gode og føreseielege rammevilkår for private eigarar av freda bygningar og anlegg og freda og verneverdige fartøy
I arbeidsmålet inngår arbeidet med tre av bevaringsprogramma:
Bevaringsprogrammet for freda kulturminne i privat eige
Det er viktig med korrekt kunnskap om tilstanden til dei freda kulturminna for å kunne prioritere tilskotsmidlane til dei kulturminna der behova er størst og effektane best. Miljøverndepartementet har derfor lagt vekt på å få fram ei samla oversikt over tilstanden. Dette vert gjort bl.a. gjennom Riksantikvarens prosjekt for tilstandsregistrering av freda bygningar og anlegg som blir avslutta i 2008. Til no er 60 pst. av freda bygningar i privat eige undersøkt. 35 prosent av bygningane har ordinært vedlikehaldsnivå, mens 2/3 av den freda bygningsmassen treng moderate eller store utbetringar for å oppnå ordinært vedlikehaldsnivå.
På bakgrunn av stortingsmeldinga om kulturminnevern er det også sett i gang eit eige prosjekt for å gjennomgå alle fredingsvedtak fatta i perioden 1923-1979. Prosjektet som skal gjennomgå fredingsvedtaka er omfattande og vil gå fram til 2012.
Erfaringane frå arbeidet er svært positive. Prosjektet har ført til ein god dialog med eigarane, og det klargjer kva dei eldre fredingane inneber og får fram handlingsrommet for eigarane. Arbeidet gir derfor eit godt forvaltningsgrunnlag for regionalforvaltninga.
Bevaringsprogram for samiske kulturminne
Samiske kulturminne er i aktiv bruk som grunnlag for utvikling av eigen identitet og kultur. Minna omfattar bygningar, spor etter busetnad, heilage fjell og andre naturelement. Sametinget har ein sentral posisjon i forvaltinga. Samiske kulturminne eldre enn 100 år er automatisk freda. Denne avgrensinga ut frå eit reint alderskriterium utan vernevurdering reiser særskilte utfordringar når det gjeld bygningar. Talet på freda bygningar aukar automatisk frå år til år og det finst ikkje fullstendige oversikter over kva bygningar som er freda.
Bygningsverneplanen til Sametinget er følgt opp gjennom det planlagde prosjektet, Sirbmá, i Deatnu – Tana er starta opp. Målet med prosjektet er i tillegg til konkret vernearbeid å utvikle samisk bygningsvernearbeid.
Sametinget har som mål at alle freda samiske kulturminne skal vere registrerte i Askeladden. Det er sett i gang eit prosjekt som skal femne fylke med samisk busetnad slik at alle freda samiske kulturminne blir registerte.
Bevaringsprogrammet for fartøy
Noreg er ein sjøfartsnasjon med ei omfattande historie. Det betyr òg at vi har ein stor flåte som er av historisk verdi og som utgjer ein stor og viktig del av kulturarven. Fartøyvernprogrammet gjeld dekte fartøy i flytande tilstand. 220 fartøy har ei eller anna form for avtale om vern. 86 fartøy har status som verneverdige skip i skipsregistret, og hittil er hjuldamparen Skibladner og bilferja Skånevik freda etter kulturminnelova. Dei fleste kulturhistorisk viktige fartøya er eigde av privatpersonar, stiftelsar eller museum. Det er registrert eit betydeleg forfall på dei verneverdige fartøya. Det er ei stor utfordring å snu den negative trenden. Arbeidet med verneplan for fartøy er i gang, og den vil liggje føre i 2009. Planen skal bl.a. gi grunnlag for å velje ut fartøy som skal sikrast varig vern og definere relevante bevaringsmetodar og verkemiddel for å gjennomføre vernet. Dette blir bl.a. gjort gjennom tre nasjonale senter for fartøyvern; Hardanger fartøyvernsenter, Nordnorsk fartøyvernsenter og båtsamling i Gratangen for bevaringsoppgåver knytte til trefartøy, og Bredalsholmen dokk og fartøyvernsenter ved Kristiansand for arbeid med stålskip. Fartøyvernsentra er òg viktige institusjonar lokalt for kultur og sosialt arbeid, sjå òg punkt 3.2.
Kunnskapsportal for tradisjonsbaserte handverksfag
Miljøverndepartementet har saman med byggjenæringa førebudd oppretting av ein nettbasert kunnskapsportal for tradisjonsbaserte handverksfag. Nettstaden rettar seg både mot eigarar av eldre busetnad, byggjenæringa, styresmakter og kulturhistoriske fagmiljø, og skal gjere det enklare for alle å finne fram til leverandørar av tradisjonelle handverkstenester og produkt. Dette skal vere ein nettstad der kulturhistoriske fagmiljø når vidt med relevant materiale og rådgiving. Det skal bidra til å heve den generelle kompetansen på området – både hos kjøparar, leverandørar og rådgivarar. Det er planlagt oppstart i 2009.
Arbeidsmål 2.3. Syte for nødvendig progresjon i arbeidet med å sikre og setje i stand utvalte grupper bygningar og anlegg
I arbeidsmålet inngår arbeidet med tre av bevaringsprogramma:
Bevaringsprogram for stavkyrkjene
28 stavkyrkjer er etablerte nasjonale klenodium og Noregs bidrag til verdas kulturarv. Dei har ein sterk posisjon i folks medvit gjennom sin alder og symbolverdi.
Fortidsminneforeininga eig 8 av desse, resten er eigde av kyrkjelyden.
I stavkyrkjeprogrammet er det no sett i stand 9 kyrkjer til ordinært vedlikehaldsnivå. Programmet har avdekt til dels alvorlege skadar på kyrkjene. Istandsetjinga på enkelte av kyrkjene har vore den mest omfattande sidan kyrkjene vart restaurerte for 100-150 år sidan. Programmet har gitt oss ny kunnskap om korleis kyrkjene vart bygde. Ei utfordring i programmet er tilgangen til gode nok byggjematerialar, særskilt til takspon. Det blir no arbeidd med 5 kyrkjer, der istandsetjinga av Urnes stavkyrkje inngår som eitt av arbeida. Etter dette vil det stå igjen 14 stavkyrkjer som skal setjast i stand. Sjå òg arbeidsmål 2.5.
Bevaringsprogram for tekniske og industrielle kulturminne
Tekniske og industrielle kulturminne viser historia om den industrielle revolusjonen i Noreg og har ei betydeleg allmenn interesse.
Bevaringsprogrammet for 10 tekniske og industrielle kulturminne har komme kortare enn det som er målet og må prioriterast høgt i 2009. Arbeidet med å setje i stand anlegga er svært krevjande. Tre teknisk-industrielle kulturminne er ført fram til ønskt bevaringstilstand; Industristaden Tyssedal/Tyssedal kraftverk, Klevfos Cellulose- & Papirfabrik og Sjølingstad Uldvarefabrik.
Det er sett i gang arbeid med ein strategi for ferdigstilling av alle dei ti anlegga.
Etter at anlegga er sette i stand vil det framleis vere behov for tilskot til løpande vedlikehald av desse.
Bevaringsprogram for ruinar
Riksantikvarens ruinprosjekt «Bevar forfallet» starta i 2006 og skal avsluttast innan utgangen av 2015. Målet med prosjektet er å få eit utval ruinanlegg ferdig konservert og opp på eit ordinært vedlikehaldsnivå. Pr. i dag er 6 ruinanlegg ferdig konserverte og det går føre seg konservering på 10 anlegg.
Ruinar med stor nasjonal eller lokal verdi og engasjement frå lokalbefolkninga, blir prioriterte.
Arbeidsmål 2.4. Halde fortløpande oversikt over endringar i freda kulturmiljø
Fram til no er det ikkje gjennomført systematiske kartleggingar av endringar i freda kulturmiljø. Arbeidet med å utvikle eit system for overvaking av freda kulturmiljø blir sett i gang i 2008.
Opplysningar om dei aktuelle kulturmiljøa og kulturminna er registrerte i kulturminnedatabasen Askeladden. Beskrivingar av tilstand er likevel mangelfulle. Dette gjeld både for arkeologiske kulturminne, bygningar og kulturmiljø. Det manglar òg grunnleggjande registreringar om objekt frå nyare tid.
Opplysningane i Askeladden skal gåast gjennom for å få oversikt over kva som manglar for kvar av dei 6 freda kulturmiljøa, sjå arbeidsmål 1.5.
Arbeidsmål 2.5. Forvalte dei norske verdsarvstadene i tråd med internasjonale forpliktingar
Bevaringsprogram for verdsarven
I arbeidsmålet inngår arbeidet med eit bevaringsprogram:
Noreg har sju område på Unescos verdsarvliste. Tre nye område er førte opp på tentativ liste og nominasjon av eitt av desse skal etter planen sendast Unesco i 2009. Det kan ventast forslag om ytterlegare prosjekt til tentativ liste.
Det blir periodisk rapportert til Unesco om tilstanden for verdsarvområda. Dette inneber ein systematisk gjennomgang av tilstand og utfordringar. Rapporten gir grunnlag for prioritering av innsats.
Det pågår istandsetjings- og vedlikehaldsarbeid ved alle verdsarvstader. Ingen av stadene har optimal vedlikehaldstilstand.
Bergkunsten i Alta
Tilstanden for bergkunsten er tilfredsstillande, men det er behov for skjøtsel for å hindre at områda gror igjen. Tilrettelegging av bergkunsten er òg ei viktig oppgåve. Eigedomsretten til områda der bergkunsten er, skal overførast til Alta kommune.
Bryggen i Bergen
Verdsarven Bryggen i Bergen har ikkje ein tilfredsstillande tilstand. Hovudårsaka til problema er lekkasjar av grunnvatn som bl.a. bidrar til setningsskadar. Bryggen har legalt vern, med ei buffersone som er sikra gjennom plan- og bygningslova. Det er mange aktørar involverte i verdsarven Bryggen. Store institusjonelle samarbeid er i gang.
Røros
Verdsarvstaden Røros har gjennom mange år blitt tilført ressursar til istandsetjing. Uthusprosjektet held fram, og vel 200 av totalt 400 uthus er no sette i stand. Det blir gjennomført årleg skjøtsel av kulturlandskapet i Småsetran for å halde landskapet ope. Det blir òg gjennomført årlege arbeid på statens eigedommar etter Røros koparverk. Istandsetjing av taubana mellom Olavsgruva og Storwartz er fullført. Arbeidet med utviding av verdsarvområdet heldt fram i 2008 og vart ført opp på tentativ liste.
Struves Meridianboge
Struves Meridianboge er det første teknisk-vitskapelege kulturobjektet som er innskrive på verdsarvlista. Struves Meridianboge er eineståande i sitt omfang og kvalitet og den representerer eit viktig element i geovitskapen si historie. Meridianbogen går gjennom 10 land og er grunnlaget for å rekne ut krumminga for jordkloden. 4 målepunkt ligg i Finnmark.
Urnes stavkyrkje
Det går føre seg istandsetjing og restaurering av kyrkja. Arbeidet er krevjande, med omfattande grunnarbeid og oppretting. Urnes kan vere ferdig i løpet av 2009. Kyrkja er stengt under istandsetjinga. Fortidsminneforeininga og Riksantikvaren presenterte derfor ei utstilling om stavkyrkja og stavkyrkjeprogrammet ved Urnes sommaren 2008.
Vega
Vega har status som verdsarv med grunnlag i kulturlandskapet. Det er utarbeidd ein tiltaksplan for kulturlandskapet. På Skjærvær er heile fiskeværet freda. Bremstein fyr, som er i dårleg forfatning, er òg freda. Viktige bygningar i dei gamle væra er sette i stand og lagt til rette for besøk. Det er likevel behov for istandsetjing av bygningar på ei rekkje av øyane i tillegg til det som allereie er gjort. Ein del ærfuglhus blir òg sette i stand. Desse er utpeikte som viktige delar av verdsarven. Ei rekkje nye besøkspunkt i skjergarden er etablerte, og det blir arbeidd for å opprette eit besøksenter i buffersona på Nes. Det vart halde arkitektkonkurranse for dette i 2008.
Vestnorsk fjordlanskap
Verdsarvstaden Vestnorsk fjordlandskap består av Geirangerfjorden i Møre og Romsdal og Nærøyfjorden i Sogn og Fjordane. Langs fjordane og berghyllene ligg små fjordgardar og i fleire av fjelldalane er det setrar. Dei fleste av gardane er no fråflytte.
Vestnorsk fjordlandskap har status som verdsarvområde med grunnlag i geologi, og naturskjønnheit er verna etter naturvernlova. Området har få vedtaksfreda objekt.
For både Vega og Vestnorsk fjordlandskap er det utarbeidd tilstandsanalyse og tiltaksplan. Utfordringane når det gjeld gjennomføring ligg innafor ansvarsområda til ulike sektorar. Miljøverndepartementet har etablert ei tverrdepartemental gruppe av seks departement for å få til ei samordning av bruk av ulike verkemiddel for å sikre verdsarvverdiane på ein god måte.
Tabell 7.3 Mål- og indikatortabell for resultatområde 2 nasjonale mål 3
Nasjonale resultatmål | Miljøforvaltningas arbeidsmål | Miljøforvaltningas resultatindikatorar |
---|---|---|
3. Den geografiske, sosiale, etniske og tidsmessige breidda i dei vedtaksfreda kulturminna og kulturmiljøa skal betrast, og eit representativt utval kulturminne skal vere freda innan 2020. | 3.1. Utarbeide overordna fredingsstrategi for nye fredingar fram til 2020. | Auke i talet på fredingar innanfor svakt representerte hovudgrupper. Talet på landsverneplanar med gjennomført forskriftsfreding. |
3.2. Oppdatere overordna strategi for fartøyvern. | Auka tal freda og bevaringsverdige fartøy innanfor svakt representerte kategoriar. |
Arbeidsmål 3.1.Utarbeide ein overordna fredingsstrategi for nye fredingar fram til 2020
Det vil bli utarbeidd ein strategisk plan for gjennomføring av nye fredingssaker slik at dei freda anlegga på ein god måte representerer historia vår.
Erfaringa frå arbeidet med gjennomgang av eksisterande fredingsvedtak og sluttføring av pågåande fredingssaker vil vere eit viktig grunnlag for å utarbeide ein overordna fredingsstrategi.
Kulturminne knytte til dei nasjonale minoritetane og til andre minoritetar er sterkt underrepresenterte på fredingslista. I samarbeid med minoritetsgruppene har Riksantikvaren derfor teke initiativ til å få registrert kulturminne for å få laga verneplanar og sikre eit utval for varig vern.
Freding av statlege eigedommar med grunnlag i prosjektet Statens kulturhistoriske eiendommer vil medføre ein sterk auke i fredingar. Resultatet vil gi eit representativt bilete av statens historie og vil bidra til at nye typar funksjonar blir omfatta av freding. Til ei viss grad vil det òg bidra til å rette opp mishøve i forhold til tidmessig og geografisk breidde.
3.2. Oppdatere overordna strategi for fartøyvern
Formålet med arbeidet med nasjonal verneplan for fartøy skal vere å utvikle ein strategi for korleis eit representativt utval fartøy kan få varig vern. Strategien skal gi grunnlag for å velje ut fartøy som skal sikrast varig vern, og definere relevante metodar og verkemiddel for å gjennomføre vernet. Planen vil liggje føre i 2009 og vil bl.a. bli følgt opp med freding av fartøy med nasjonal verdi. Pr. i dag er to fartøy freda.
Verkemiddel
Lovverk
Forvaltninga av det store mangfaldet av kulturminne og kulturmiljø skjer i stor grad innafor rammene av plan- og bygningslova. Det er derfor viktig å få fram opplysningar tidleg i planarbeidet i kommunane for å unngå dyre og tidkrevjande prosessar. Dei viktigaste kulturminna og kulturmiljøa av nasjonal verdi skal sikrast gjennom freding etter kulturminnelova. I tillegg er det utarbeidd eit eige rundskriv om forvaltning av kyrkje, kyrkjegard og området rundt kyrkja som kulturminne og kulturmiljø.
Økonomi
Finansieringa er i hovudsak dekt av Miljøverndepartementets budsjett, jf. kap. 1429 Riksantikvaren og kap. 1432 Norsk kulturminnefond. Dei økonomiske verkemidla skal i første rekkje nyttast til dei nasjonalt viktige kulturminna. Tilskotsmidla skal gå til konkrete tiltak for å sikre og setje i stand kulturminna. Det er kulturminne med private eigarar som skal prioriterast med tilskotsmidlar. Prinsippa for universell utforming skal vurderast i forhold til relevante tilskot og i utviklingsarbeidet på resultatområdet.
Riksantikvarens økonomiske tilskotsmidlar er i hovudsak retta mot eigar av freda kulturminne og kulturmiljø. Kulturminnefondet har ei viktig supplerande rolle gjennom tildeling av tilskotsmidlar til eigarar av verneverdige og freda kulturminne.
Kunnskap og informasjon
Kunnskap om kulturminne og kulturmiljø er grunnleggjande for ei god forvaltning og for å skape forståing for vernearbeidet. Viktige verkemiddel i denne samanhengen er mellom anna praktisk opplæring og vidareutdanning av handverkarar og undervisningstilbod i kulturminneforvaltning. Riksantikvaren målrettar informasjon bl.a. mot private eigarar av freda hus og anlegg, fylkeskommunar og kommunar. Ved nye fredingsvedtak vil eigaren få ein informasjonspakke og eit informasjonsblad som blir publisert årleg. Det er utarbeidd bortimot hundre informasjonsark med praktiske råd om istandsetjing, vedlikehald og skjøtsel av kulturminne. Dei aller fleste er tilgjengelege på internett. To gonger i året blir det utgitt informasjonsblad med relevante tema for kommunesektoren.
Riksantikvaren samarbeider med universitet og høgskular om målretting og marknadsføring av utdanningstilbod som kan medverke til at kommunane får auka kunnskap om kulturminneforvaltning. Det blir gjennomført kurs og andre opplæringstiltak for ulike forvaltarar, blant anna kyrkjeverjer. Riksantikvaren deltek òg i handverksnettverk og liknande arenaer for å auke kunnskapen og tilgangen på kompetanse i utførande og prosjekterande ledd.
Informasjon til allmenta vil bli styrkt gjennom opning av ei publikumsutgåve av kulturminnedatabasen Askeladden. Lokal deltaking er òg viktig for nå måla.
Samarbeid
Ulike sektorar har stor innverknad på kulturminne, kulturmiljø og landskap gjennom næringsverksemd, byggje- og anleggstiltak og eigedomsforvaltning. Det er derfor etablert eit omfattande samarbeid mellom Riksantikvaren og statlege sektorar med verksemd som kan ha særleg effekt på kulturminna. Siktemålet er å styrkje sektoransvaret og påverke utforming av eksisterande og nye verkemiddel.
Miljøverndepartementet medverkar til at kommunar og samfunnsektorar kan ta meir ansvar for bevaring av kulturminne og kulturmiljø, bl.a. ved å gjennomføre utviklingsprogram som gir erfaringsbasert kunnskap. Andre viktige verkemiddel er utvikling av lovverk som kulturminnelova og plan- og bygningslova, økonomiske verkemiddel og gode styringsdata.
Forsking og miljøovervaking.
Systematisk miljøovervaking og forskingsbasert kunnskap er nødvendig for å ivareta internasjonale forpliktingar og for å nå nasjonale resultatmål. Både oppdragsforsking og forsking i regi av Noregs forskingsråd, forvaltningsmusea og Norsk institutt for kulturminneforsking gir den offentlege kulturminneforvaltninga viktig kunnskap som medverkar til fagleg utvikling og betre forvaltningsgrunnlag.
Internasjonalt samarbeid
Internasjonalt samarbeid om å bevare kulturminne og kulturmiljø skjer gjennom nordiske fora, i norsk-russisk samarbeid, innan Europarådet, gjennom EØS-samarbeidet og innafor Unesco. Den nordiske verdsarvstiftelsen (Nordic World Heritage Foundation) skal støtte gjennomføringa av Unescos verdsarvkonvensjon (World Heritage Convention) av 1972. Riksantikvaren er fagsenter for kulturminneforvaltning i bistandsarbeidet og skal bidra til at kulturminneinteressene blir tekne vare på i norske bistandsprosjekt.
8 Resultatområde 3 Reint hav og vatn og eit giftfritt samfunn
Resultatområdet omfattar følgjande underområde:
3.1 Heilskapleg hav- og vassforvaltning
3.2 Overgjødsling og nedslamming
3.3 Oljeforureining
3.4 Miljøgifter
3.5 Avfall og gjenvinning
Strategisk mål
Underområde Heilskapleg hav- og vassforvaltning, Overgjødsling og nedslamming, Oljeforureining
Det skal sikrast ei heilskapleg og økosystembasert forvaltning av hav- og kystområda og ferskvassførekomstane våre. Den samla miljøpåverknaden skal ikkje vere større enn at økosystemas struktur, funksjonsmåte og produktivitet blir oppretthaldne og det biologiske mangfaldet bevart. Det skal vidare sikrast ein vasskvalitet i ferskvatn og marine område som medverkar til å halde oppe arter og økosystem, og som tek omsyn til helse og trivsel for menneska.
Resultatområde 3 – underområde 1 Heilskapleg hav- og vassforvaltning
Definisjon og avgrensing
Resultatområde 3, underområde 1, omfattar arbeidet med heilskapleg, økosystembasert hav- og vassforvaltning. Ferskvatn og marine område skal sjåast i samanheng. Forvaltninga skal baserast på forvaltnings- og tiltaksplanar som omfattar alle sektorar. Underområde 1 omfattar vidare internasjonalt havmiljøarbeid, slik som oppfølging av Nordsjø-deklarasjonane, OSPAR-konvensjonen, London-konvensjonen og konvensjonar innan den internasjonale skipsfartsorganisasjonen (IMO), så vel som relevante EU-direktiv.
Tabell 8.1 Mål- og indikatortabell for resultatområde 3 underområde 1 Hav- og vassforvaltning
Nasjonale resultatmål | Miljøforvaltningas arbeidsmål | Resultatindikatorar |
---|---|---|
1. Det skal utarbeidast heilskaplege og økosystembaserte forvaltningsplanar for alle norske havområde innan 2015. | 1.1. Leie og koordinere forvaltningsplanarbeidet, og sikre det nødvendige miljøfaglege grunnlaget for utarbeiding, gjennomføring og oppdatering av heilskaplege forvaltningsplanar for norske havområde. Sikre utarbeiding av heilskaplege forvaltningsplanar for Norskehavet i løpet av 2009 og Nordsjøen innan 2015, og i løpet av 2010 ha oppdatert forvaltningsplanen for Barentshavet/Lofoten. | Ha lagt fram ein heilskapleg forvaltningsplan for Norskehavet i tråd med arbeidsmålet. Ha lagt fram ein heilskapleg forvaltningsplan for Nordsjøen i tråd med arbeidsmålet. Ha oppdatert forvaltningsplanen for Barentshavet/Lofoten i tråd med arbeidsmålet. |
Statusbeskriving
Arbeidsmål 1.1. Leie og koordinere forvaltningsplanarbeidet, og sikre det nødvendige miljøfaglege grunnlaget for utarbeiding, gjennomføring og oppdatering av heilskaplege forvaltningsplanar for norske havområde. Sikre utarbeiding av heilskaplege forvaltningsplanar for Norskehavet innan 2009 og Nordsjøen innan 2015, og i løpet av 2010 ha oppdatert forvaltningsplanen for Barentshavet– Lofoten
Gjennom behandlinga av St.meld. nr. 12 (2001-2002) Rent og rikt hav (havmiljømeldinga) vart det gitt tilslutning til at det skulle utarbeidast heilskaplege forvaltningsplanar for alle norske havområde. Formålet med forvaltningsplanane er å leggje til rette for verdiskaping gjennom berekraftig bruk av ressursar og gode i havområda, og samtidig halde ved lag struktur, verkemåte og produktivitet i økosystema. Planane skal vidare klargjere dei overordna rammene for eksisterande og ny verksemd i havområda.
Det er miljøforvaltningas ansvar å leie og koordinere arbeidet med heilskaplege forvaltningsplanar, inkludert å sikre det nødvendige miljøfaglege grunnlaget for utarbeiding, gjennomføring og oppdatering av forvaltningsplanar for norske havområde.
St.meld. nr. 8 (2005-2006) Helhetlig forvaltning av det marine miljø i Barentshavet og havområdene utenfor Lofoten vart, som den første heilskaplege forvaltingsplanen for eit norsk havområde, lagt fram våren 2006. Arbeidet med å gjennomføre forvaltningsplanen er godt i gang. Dei tre rådgivande gruppene som skal bidra til å sikre den faglege gjennomføringa av forvaltningsplanen (overvakingsgruppa, risikogruppa og fagleg forum) arbeider i tråd med gitt mandat. Arbeidet med å styrkje kunnskapsgrunnlaget, under dette kartlegging av havbotnen, sjøfugl og geologi i Nordland VII, Troms II og Eggakanten går som planlagt. Det er lagt opp til at forvaltningsplan Barentshavet-Lofoten skal oppdaterast første gongen i løpet av 2010, mens det er teke sikte på å revidere heile planen i 2020.
Forvaltningsplanen for Barentshavet–Lofoten har gitt ein modell for arbeidet med heilskapleg og økosystembasert forvaltning. Arbeid med det faglege grunnlaget for ein plan for Norskehavet, som har halde på sidan 2007, er ferdig hausten 2008. Regjeringa tek sikte på å presentere forvaltningsplanen for Norskehavet i ei stortingsmelding våren 2009.
Økosystema i Nordsjøen er i aukande grad utsette for belastningar blant anna som følgje av miljøgifter, næringssalt og partiklar, effektar av botntråling og overfiske. Saman med auke i havtemperaturen fører dette til endringar i økosystema. Sukkertaredød og endringar i fiskebestandane er uttrykk for dette. Auka kunnskap er derfor nødvendig. Regjeringa ønskjer at Noreg skal vere ein pådrivar i arbeidet med å etablere ei heilskapleg, integrert og internasjonalt basert forvaltning av Nordsjøen. Eit slikt arbeid må ta utgangspunkt i samarbeid mellom Nordsjølanda.
Ei økosystembasert tilnærming er lagt til grunn i EUs nye direktiv om ei ramme for fellesskapets aktivitet innan havmiljøpolitikk (havstrategidirektivet), som vart vedteke av EU 17. juni 2008. Direktivet vil gi auka fokus på havmiljøarbeid i Europa, noko Noreg som nedstraumsland kan vente å nyte godt av. Direktivet vil òg leggje forholda til rette for at andre europeiske land medverkar til ein plan for heilskapleg forvaltning av Nordsjøen.
OSPAR-konvensjonen om bevaring av det marine miljøet i Nordaust-Atlanteren vil stå sentralt i gjennomføringa av EUs havstrategidirektiv i det nordaustlege Atlanterhavet og vil i tillegg vere den sentrale mekanismen for utvikling av ein regional plan for heilskapleg forvaltning av Nordsjøen. Miljøverndepartementet vil arbeide for at denne planen blir integrert med det arbeidet som blir gjort for å etablere forvaltningsplanar for ferskvatn og kyst i Nordsjølanda.
Tabell 8.2 Mål- og indikatortabell for resultatområde 3 underområde 1 Hav- og vassforvaltning
Nasjonale resultatmål | Miljøforvaltningas arbeidsmål | Resultatindikatorar |
---|---|---|
2 For å nå dei kjemiske og økologiske måla i vassforvaltningsforskrifta, skal det med utgangspunkt i vassregionane utarbeidast heilskaplege og økosystembaserte forvaltningsplanar med tiltaksprogram for minst eitt vassområde i kvar vassregion innan 2009, og for alle vassområda i landet innan 2015. | 2.1 Samordne og avklare faglege rammer for vassregionane for å sikre grunnlaget for utarbeiding av forvaltningsplanar og tiltaksprogram innan tidsfristane som vassforskrifta set. | Del av alle vassførekomstane som har nådd dei kjemiske og økologiske måla innan fristane i vassforvaltningsforskrifta Framdrift i gjennomføringa av miljøtiltak. Fortløpande vurdering av framdrift og resultat på planane. |
Statusbeskriving
Arbeidsmål 2.1. Samordne og avklare faglege rammer for vassregionane for å sikre grunnlaget for utarbeiding av forvaltningsplanar og tiltaksprogram innan tidsfristane som vassforskrifta set
Forskrift om rammer for vassforvaltninga implementerer EUs rammedirektiv for vatn i norsk rett. Vassforskrifta gir rammer for fastsetjing av miljømål for vassførekomstane og skal sikre best mogleg vern og berekraftig bruk av desse. Måla skal nåast gjennom regionale forvaltningsplanar og program for tiltak der alle ansvarlege styresmakter og sektorar medverkar.
Alle vassområda der det skal utarbeidast forvaltningsplanar innan 2009 er karakteriserte for miljørisiko og miljøtruslar. For dei fleste av desse blir det no gjort vidare kartleggingar og vassundersøkingar som grunnlag for arbeidet med tiltaksprogram. Forvaltningsplanane og tiltaksprogramma skal vere ferdige i løpet av 2008 og sendast på høyring våren 2009. Vedtak og godkjenning av desse forvaltningsplanane skal skje i løpet av hausten 2009.
Verkemiddel
Resultatområde 3, underområde 1 Heilskapleg økosystembasert hav- og vassforvaltning er i hovudsak finansiert over Statens forureiningstilsyns budsjettramme (kap. 1441), og budsjettramma til Direktoratet for naturforvaltning (kap 1427), men i tillegg inneheld kap. 1400, 1410, 1445 og 1471 budsjettmidlar som skal medverke til finansiering av resultatområdet i 2009. Dessutan har Fylkesmannen ansvar for store oppgåver, ikkje minst dei 9 som har vassregionmynde etter vassforskrifta. Ein viser til nærare omtale av desse under resultatområde 7 Områdeovergripande verkemiddel og fellesoppgåver. Midlar til lønn og drift for desse oppgåvene er i hovudsak budsjetterte på kap. 1510 Fylkesmannsembeta, under Fornyings- og administrasjonsdepartementets budsjett.
Nasjonalt skal det utarbeidast forvaltningsplanar for alle havområde. Arbeidet skal koordinerast med internasjonale avtaler, som EUs rammedirektiv for vatn og EUs havstrategidirektiv, og arbeidet med ei norskrussisk samla miljøvurdering for Barentshavet.
For å sikre gjennomføringa av St. meld. nr. 8 (2005-2006) Helhetlig forvaltning av det marine miljøet i Barentshavet og havområdene utenfor Lofoten vil regjeringa føre vidare arbeidet med kartlegging av havbotnen (MAREANO) og kartlegging av sjøfugl (SEAPOP). Kartlegginga av havbotn prioriterast i områda Nordland VII, Troms II og Eggakanten frem mot oppdateringa av forvaltningsplanen i løpet av 2010. Regjeringa vil dessutan føre vidare anna kunnskapsoppbygging om havområdet, under dette vidareutvikling av det samordna overvakingssystemet, vidare oppbygging av miljøprøvedatabanken, kartlegging av tilførsler og nivå av forureining i havområdet og forsking på konsekvensar av langtransportert forureining, konsekvensar av klimaendringar og konsekvensar av samla påverknad på ulike delar av økosystemet.
Regjeringa vil halde fram med utarbeidinga av ein heilskapleg forvaltningsplan for Norskehavet som det er teke sikte på å fremje for Stortinget våren 2009. Arbeidet med heilhetleg forvaltning av havområde er styrkt ytterligare i 2009.
Regjeringa vil vidare at Noreg gjennom det internasjonale samarbeidet i OSPAR og andre organisasjonar skal forsetje å vere pådrivar for at det blir etablert ein felles, regional forvaltningsplan for Nordsjøen. EUs rammedirektiv for vatn, EUs marine strategi og det kommande direktivet for hav vil danne grunnlaget for dette arbeidet. I dette arbeidet vil det bli lagt vekt på å integrere planarbeidet for vassførekomstane på land.
Det overordna miljømålet i vassforvaltningsforskrifta er god kjemisk og økologisk tilstand, eller godt økologisk potensiale i vassførekomstar som har store fysisk inngrep. Forskrifta er det viktigaste verktøyet for å gjere norsk vassmiljøforvaltning meir heilskapleg og økosystembasert. I St. prp. nr. 75 (2007 -2008) er det blant anna gjort greie for dei økonomiske konsekvensane av gjennomføringa av direktivet. Det er blant anna naudsynt med auka ressursar til vassovervaking, forsking og forvaltning. For 2009 er det foreslått ein betydelig auke i budsjettmidla til gjennomføringa av vassforvaltningsforskifta. Det blir her vist til omtale under kap. 1410 post 21 og kap. 1427 post 21.
Resultatområde 3 – underområde 2 Overgjødsling og nedslamming
Definisjon og avgrensing
Resultatområde 3, underområde 2, omfattar arbeidet med å førebyggje og redusere utsleppa av næringssalt (nitrogen og fosfor) og partiklar til ferskvatn og marine område.
Tabell 8.3 Mål- og indikatortabell for resultatområde 3 underområde 2 Overgjødsling og nedslamming
Nasjonale resultatmål | Miljøforvaltningas arbeidsmål | Resultatindikatorar |
---|---|---|
1. Dei nasjonale tilførslene av næringssalt og partiklar til fersk- vassførekomstar og marine område som er prega av over gjødsling eller nedslamming, skal reduserast til eit nivå som sikrar god økologisk tilstand for vassførekomstane innan 2021 i tråd med krava i vassforvaltningsforskrifta. | 1.1. Utslepp frå kommunal avløpssektor skal vere i samsvar med forureiningsforskrifta og bidra til å nå vassforvaltningsforskriftas mål om god tilstand. | Den delen av befolkninga som er knytt til avløpsanlegg som oppfyller reinsekrava i forureiningsforskrifta. |
Statusbeskriving
Arbeidsmål 1.1. Utslepp frå kommunal avløpssektor skal vere i samsvar med krava i forureiningsforskrifta og bidra til å nå vassforvaltningsforskriftas mål om god tilstand.
Det nye avløpsregelverket i forureiningsforskrifta del IV trådde i hovudsak i kraft 1. januar 2007. Regelverket har som formål å verne miljøet mot uheldige verknader av utslepp av avløpsvatn. Kvart enkelt avløpsanlegg rapporterer årleg kor mykje dei reinsar, og det blir arbeidd med å leggje til rette rapporteringssystemet Forureining slik at nøkkeltal for kor mange av dei aktuelle anlegga som oppfyller krava til primær-, sekundær-, eller tertiærreinsing blir tilgjengelege i 2009.
Tabell 8.4 Mål- og indikatortabell for resultatområde 3: underområde 2 Overgjødsling og nedslamming
Nasjonale resultatmål | Miljøforvaltningas arbeidsmål | Resultatindikatorar |
---|---|---|
2. Ingen vassførekomstar skal nedklassifiserast (bli dårlegare) som følgje av auka tilførsler av næringssalt eller partiklar i tråd med krava i vassforvaltnings forskrifta. | 2.1. Sikre at utsleppa frå avløp til vassførekomstar som står i fare for nedklassifisering (bli dårlegare) som følgje av tilførsler av næringssalt eller partiklar ikkje aukar. | Talet på vassførekomstar som står i fare for nedklassifisering (bli dårlegare) som følgje av til førsler av næringssalt frå avløp. |
Statusbeskriving
Arbeidsmål 2.1. Sikre at utsleppa frå avløp til vassførekomstar som står i fare for nedklassifisering (bli dårlegare) som følgje av tilførsler av næringssalt eller partiklar ikkje aukar.
Dei to nasjonale resultatmåla for overgjødsling og nedslamming byggjer på målsetjingane i vassforvaltningsforskrifta. Måla krev gjennomføring av ei rekkje nye tiltak for å redusere tilførslene av fosfor og nitrogen til ferskvatn og marine område. Overgjødsling er framleis eit betydeleg forureiningsproblem i Noreg, der dei viktigaste tilførslene kjem frå jordbruk, fiskeoppdrett, kommunalt avløp og industri. Resultata frå grovkarakteriseringa i samsvar med EUs rammedirektiv for vatn, viser at problem med overgjødsling omfattar omtrent like mange vassførekomstar som forsuring og miljøgifter. Ferskvatn med overgjødslingsproblem finst særleg i område med tett busetnad eller i landbruksintensive område.
I dei marine områda er det særleg kyststrekninga frå svenskegrensa til Lindesnes som er utsett for negative effektar av overgjødsling. Sjølv om fosfor- og nitrogentilførslene til dette området er reduserte med respektive 64 og 42 pst. i perioden 1985-2005 er mange lokale fjordarmar framleis påverka. Årsaka til overgjødslingsproblema er truleg at tilførselsreduksjonane i ein del område ikkje har vore tilstrekkelege, og auka avrenning frå land på grunn av milde vintrar og auka nedbør i delar av landet. Modellutrekningar viser at langtransporterte tilførsler av næringssalt har gått ned etter 1995, basert på at tilførslene av nitrogen og fosfor frå dei kontinentale elvane har gått ned. Eutrofiering førekjem òg i ein del fjordområde både langs Vestlandet og i Nord-Noreg.
Undersøkingar har påvist omfattande bortfall av sukkertareskog langs kysten i Sør-Noreg. Det er anslått at omlag 90 pst. av sukkertaren er forsvunnen frå den norske Skagerrakkysten og at omlag 50 pst. er blitt borte langs kysten av Rogaland og Hordaland. Sukkertaren er i tillegg forsvunnen enkelte stader frå kystområda i Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal. Langs heile kyststrekninga har sukkertareskogen blitt erstatta med algar som medverkar til at partiklar i vassmassane festar seg og sedimenterer.
Årsaka til bortfallet av sukkertaren, ser ut til å skuldast ein kombinasjon av høgare sjøtemperaturar, lite vind og bølgjer, og store tilførsler av næringssalt og partiklar. Dette er alvorleg med tanke på at sukkertareskogen er viktig oppvekst- og næringsområde for bl.a. fisk og skaldyr. Statens forureiningstilsyn samarbeider med Direktoratet for naturforvaltning for å kartleggje omfanget og årsakene til tareskogdøden, slik at ein kan få satt i gang nødvendige tiltak. Direktorat frå andre sektorar bidrar òg i arbeidet med å førebu tiltaksanalysar.
Verkemiddel
Resultatområde 3, underområde 2 Overgjødsling og nedslamming er i hovudsak planlagt finansiert over Statens forureiningstilsyns budsjettramme, jf. kap. 1441, men òg kap. 1400, 1410 og 1445 inneheld budsjettmidlar som skal medverke til finansiering av resultatområdet i 2009. Dessutan har Fylkesmannen ansvar for store oppgåver under resultatområdet. Ein viser til nærare omtale av desse under resultatområde 7 Områdeovergripande verkemiddel og fellesoppgåver. Midlar til lønn og drift for desse oppgåvene er budsjetterte på kap. 1510 Fylkesmannsembeta, under Fornyings- og administrasjonsdepartementets budsjett.
Gjennom lov om kommunale vass- og kloakkavgifter, med tilhøyrande forskriftsføresegner, er kommunane gitt høve til å dekkje kostnadene sine på avløpssektoren gjennom gebyr. Miljøverndepartementet fører eit overordna tilsyn med korleis denne ordninga fungerer og vurderer behov for eventuelle endringar. Krav til utslepp av avløpsvatn er samla i forureiningsforskriftas del. IV, som gjennomfører eit forenkla søknadssystem for utsleppsløyve basert på standardkrav. Mynde etter dette kapittelet er delt mellom fylkesmannen og kommunen ut frå storleiken på den aktuelle tettstaden.
Innan fiskeoppdrett blir det nytta utsleppsløyve, i medhald av forureiningslova. Statens forureiningstilsyn er konsesjonsstyresmakt for desse utsleppsløyva.
Det er i 2009 avsett 5 mill. kroner til arbeidet med kystovervaking. Midlane vil særleg brukast til å halde fram oppbygginga av kunnskap om bortfallet av sukkertare langs kysten.
Resultatområde 3 – underområde 3 Oljeforureining
Definisjon og avgrensing
Resultatområde 3, underområde 3, omfattar arbeidet med å førebyggje og redusere utsleppa av olje og andre miljøskadelege stoff til ferskvatn og marine område, inkludert kravstilling til privat og kommunal beredskap mot akutt forureining.
Tabell 8.5 Mål- og indikatortabell for resultatområde 3 underområde 3 Oljeforureining
Nasjonale resultatmål | Miljøforvaltningas arbeidsmål | Resultatindikatorar |
---|---|---|
1. Operasjonelle utslepp av olje skal ikkje medføre helse- eller miljøskade, eller medverke til auke i bakgrunnsnivåa av olje eller andre miljøskadelege stoff over tid. | 1.1 Operasjonelle utslepp av olje og miljøfarlege stoff til sjø frå petroleumsverksemda skal stansast eller minimerast innan 2005 (nullutslepp). | Utslepp av olje og miljøfarlege stoff i vatn frå petroleumsverksemda. |
1.2. Sjå til at operasjonelle, akutte og ulovlege utslepp av olje, miljøfarlege stoff, avfall og framande organismar til sjø frå skip stansast eller minimerast. | Talet på mottaksordningar for avfall frå skip. Talet på og mengd oppdaga akutte og ulovlege utslepp av olje frå skip. |
Statusbeskriving
Arbeidsmål 1.1. Operasjonelle utslepp av olje og miljøfarlege stoff til sjø frå petroleumsverksemda skal stansast eller minimerast innan 2005 (nullutslepp)
Målet om nullutslepp (nullutsleppsmålet) inneber at det som hovudregel ikkje skal sleppast ut olje og miljøfarlege stoff, verken tilsette eller naturleg førekommande kjemiske stoff. I Barentshavet og havområda utanfor Lofoten er det lagt til grunn endå strengare krav enn for sokkelen elles. I dette området er det sett krav om at det ikkje skal vere utslepp til sjø av borekaks og produsert vatn ved normal drift, jf. St.meld. nr. 21 (2004-2005) Regjeringas miljøvernpolitikk og rikets miljøtilstand og St.meld. nr. 8 (2005-2006) Helhetlig forvaltning av det marine miljø i Barentshavet og havområdene utenfor Lofoten. Nullutsleppsmålet er basert på føre var-prinsippet og skulle ha vore nådd for både nye og eksisterande installasjonar innan 2005. Målet om nullutslepp er vurdert som oppnådd for tilsette kjemikaliar, men ikkje for naturleg førekommande stoff i produsert vatn. Mange av felta hadde implementert tiltak for å redusere utsleppa av produsert vatn innan utgangen av 2005. Enkelte av dei planlagde tiltaka har kravd lengre tid å gjennomføre. Regjeringa vil i 2009 vurdere måloppnåing og behovet for ytterlegare tiltak for å sikre at nullutsleppsmålet blir nådd for olje og naturleg førekommande stoff i produsert vatn.
Den viktigaste kjelda til utslepp av olje frå petroleumsverksemda er utsleppa av produsert vatn. Vassproduksjonen har auka kontinuerleg sidan 1997. I perioden 2000 til 2007 auka vassproduksjonen med 39 pst. frå 116,1 mill. m3 til 161,8 mill. m3. I følgje prognosar frå Oljedirektoratet vil mengda produsert vatn auke fram mot 2011 for deretter å bli redusert. Produsert vatn som kjem opp på plattformene med brønnstraumen blir anten pumpa tilbake i reservoaret, eller reinsa og sleppt ut. I 2007 vart det i alt sleppt ut 1532 tonn olje, målt med ISO-metoden, til sjø saman med det produserte vatnet. Analysemetoden som er nytta for utsleppa av olje med produsert vann i 2007 er endra i forhold tidlegare år, og dette gjer at resultata ikkje kan direkte samanliknast.
Arbeidsmål 1.2. Sjå til at operasjonelle, akutte og ulovlege utslepp av olje, miljøfarlege stoff, avfall og framande organismar til sjø frå skip stansast eller minimerast
Skipsfarten er internasjonalt regulert gjennom konvensjonar fastsette av FNs skipsfartsorganisasjon (IMO). Noreg medverkar til at utsleppskrava til skip blir stadig strengare gjennom å arbeide for strengare regelverk, ratifisere desse konvensjonane og syte for god handheving. Regelverket for utslepp av olje og kjemikaliar frå skip er nyleg revidert og stramma inn, mens konvensjonen som regulerer miljøgifter brukt i botnstoff på skip tråtte i kraft i juli 2008. Effektane av desse nye krava er ikkje kvantifiserte, men er rekna for å vere signifikante og betydelege for nokre stoff.
Noreg har tiltredd konvensjonen om kontroll og behandling av ballastvatn og sediment frå skip (Ballastvatnkonvensjonen). Når denne konvensjonen trer i kraft vil risikoen for introduksjon av framande arter frå skip bli betydeleg redusert. Ei forskrift om handtering av ballastvatn er på høyring og vil etter planen bli fastsett i løpet av våren 2009.
IMO har utarbeidd nye krav til luftutslepp frå skip som vil fase ut bruk av tungolje på skip. Dette vil redusere risikoen for ulykkesutslepp, generere mindre oljehaldig avfall og slik redusere talet på ulovlege utslepp frå skipsfarten.
Forureiningsforskrifta kapittel 20 om levering og mottak av avfall og lasterestar frå skip, pålegg alle hamner å syte for etablering og drift av mottaksordningar, utarbeide ein plan for avfallshandtering og krevje avfallsgebyr frå skip som trafikkerer hamna uansett om dei leverer avfall eller ikkje («no special fee»). Krava omfattar alle norske hamner, totalt ca. 7 000 hamner av ulik storleik og art. Sjølv om dei fleste offentlege hamnene har utarbeidd avfallsplan og har mottak som fungerer tilfredsstillande, og til ei viss grad har etablert gebyrordninga «no special fee», er det likevel mange hamner som framleis ikkje følgjer krava i forskrifta. Dette skuldast delvis at forskrifta ser ut til å vere dårleg kjent, og i tillegg at særleg dei mindre hamnene oppfattar plikta om å utarbeide avfallsplan som tung.
Dei akutte og ulovlege utsleppa frå skipsfarten utgjer hovudutfordringa. I 1998 vart Nordsjøen oppretta som spesielt område under MARPOL 73/78-konvensjonens vedlegg om oljeforureining frå skip. Dette inneber strengare utsleppskrav enn dei generelle reglane for utslepp av olje frå skip.
Gjennom Kystverkets system for overvaking vart det identifisert ca. 90 ulovlege utslepp frå skip i 2007, som er det same som i 2006. I mengd er utsleppa rekna til å vere i underkant av 670 m³ (570 tonn) olje i 2007, mot 27 m³ (23 tonn) i 2005 og 363 m³ (309 tonn) i 2004. Dei høge tala for 2007 skuldast i stor grad utslepp i samband med forliset av lasteskipet Server utanfor Fedje i januar, som resulterte i utslepp av 380 m3 bunkersolje og 70 m3 olje. I tillegg skjedde det også eit forlis av ein trålar på Nordvestlandet som førte til utslepp av 170 m3 diesel same månaden.
Det ble ikkje rapportert om noen akutte kjemikalieutslepp frå skip i 2007.
Eit samarbeid mellom Nordsjølanda har som mål å oppnå ei meir effektiv straffeforfølging av slike ulovlege utslepp frå skip. Ein reknar med betydelege mørketal for ulovlege utslepp frå skip.
Tabell 8.6 Mål- og indikatortabell for resultatområde 3 underområde 3 Oljeforureining
Nasjonale resultatmål | Miljøforvaltningas arbeidsmål | Resultatindikatorar |
---|---|---|
2.Risikoen for helse- eller miljøskade som følgje av akutt forureining skal haldast på eit lågt nivå og skal kontinuerleg søkjast ytterlegare redusert. Dette skal òg vere styrande for verksemd som med fører fare for akutt forureining. | 2.1 Verksemd som kan medføre akutt forureining skal til ei kvar tid ha eit akseptabelt beredskapsnivå sett i forhold til risikoen for akutt forureining. | Talet på og mengd akutte utslepp av olje frå petroleumsverksemd, skip og landbaserte utslepp. Talet på godkjende private og kommunale beredskapsplanar. |
Statusbeskriving
Arbeidsmål 2.1. Verksemd som kan medføre akutt forureining skal til ei kvar tid ha eit akseptabelt beredskapsnivå sett i forhold til risikoen for akutt forureining
Alle operatørselskapa på norsk sokkel må etablere ein akseptabel beredskap mot akutt forureining basert på miljø- og risikoanalyse, før leite- og produksjonsverksemd startar. Petroleumsnæringa skal til ei kvar tid syte for dimensjonering og plassering av beredskapsfunksjonar som gir best mogleg beredskap innanfor dei rammene som styresmaktene har sett, bl.a. gjennom krav og vilkår i enkeltløyve. I 2007 var det i alt 167 akutte utslepp av olje på til saman ca. 4 488 m3 (3 815 tonn) frå offshoreverksemda på norsk sokkel. Dette er ein kraftig auke frå året før, og skuldast utsleppet i samband med lasting på Statfjordfeltet i desember som førte til eit utslepp på 4 400 m3. På landsida har 72 bedrifter utvida beredskapskrav og 34 regionar har beredskapskrav og godkjende beredskapsplanar. Alle høgrisikobedrifter er dekte. Kommunane dekkjer sitt beredskapsansvar gjennom interkommunalt samarbeid, og landet er inndelt i 34 interkommunale samarbeidsregionar som alle har godkjende beredskapsplanar. I 2007 vart det registert 191 akutte utslepp av olje og andre kjemikaliar frå landbasert industriverksemd som til saman utgjorde 280 m³. Dette er ein nedgang samanlikna med utsleppa i 2006. Utsleppa av olje og kjemikaliar frå landbasert industriverksemd varierer likevel sterkt mellom dei ulike åra og er sterkt påverka av enkelthendingar.
Akutte utslepp frå skip er omtalt under arbeidsmål 1.2
Verkemiddel
Resultatområde 3, underområde 3 Oljeforureining er i hovudsak planlagt finansiert over Statens forureiningstilsyns budsjettramme, jf. kap. 1441, men i tillegg inneheld kap. 1400, 1410, 1445 og budsjettmidlar som skal medverke til finansiering av resultatområdet i 2009. Dessutan har Fylkesmannen ansvar for store oppgåver under resultatområde 3. Ein viser til nærare omtale av desse under resultatområde 7 Områdeovergripande verkemiddel og fellesoppgåver. Midlar til lønn og drift for desse oppgåvene er budsjetterte på kap. 1510 Fylkesmannsembeta, under Fornyings- og administrasjonsdepartementets budsjett.
Nullutsleppsmålet blir vurdert som oppnådd for tilsette kjemikaliar. Det skal likevel framleis vere sterkt fokus på substitusjon (utskifting av kjemikaliar med mindre miljøfarlege alternativ). Regjeringa tek i 2009 sikte på å vurdere måloppnåing og behovet for ytterlegare tiltak for å sikre at nullutsleppsmålet blir nådd for olje og naturleg førekommande stoff i produsert vatn.
Noreg vil føre vidare arbeidet innanfor FNs sjøfartskonvensjon (IMO) for å medverke til at utsleppskrava til skip blir stadig strengare gjennom å arbeide for strengare regelverk, ratifisere konvensjonar og syte for god handheving. Regjeringa arbeider med ei forskrift om handtering av ballastvatn som venteleg vert vedteke i løpet av 2009. Regjeringa vil òg styrkje fylkesmannens arbeid knytt til handheving av regelverk for mottak av avfall i norske hamner.
Kravstilling til privat og kommunal beredskap mot akutt forureining frå olje og kjemikaliar er òg dekt av dette resultatområdet.
Strategisk mål
Underområde Miljøgifter
Utslepp og bruk av helse- og miljøfarlege kjemikaliar skal ikkje føre til helseskadar, skadar på økosystem eller skadar på naturen si evne til produksjon og sjølvfornying. Konsentrasjonane av dei farlegaste kjemikaliane i miljøet skal bringast ned mot bakgrunnsnivået for naturleg førekommande stoff, og tilnærma null for menneskeskapte sambindingar.
Resultatområde 3 – underområde 4 Miljøgifter
Definisjon og avgrensing
Resultatområdet omfattar arbeidet med å førebyggje og redusere bruk, utslepp og spreiing av miljøgifter og andre helse- og miljøfarlege kjemikaliar til jord, luft og vatn nasjonalt. Resultatområdet omfattar dessutan internasjonalt arbeid. Det gjeld bl.a. oppfølginga av Stockholm-konvensjonen, Rotterdam-konvensjonen, miljøgiftprotokollar under FNs økonomiske kommisjon for Europa (ECE) og kjemikaliespørsmål innan OSPAR-konvensjonen, Nordsjø-deklarasjonane og FNs miljøprogram UNEP. Kjemikaliar som bryt ned ozon, drivhusgassar og nokre andre kjemikaliar som medfører grenseoverskridande og lokale luftforureiningar er dekte under resultatområde 4 Eit stabilt klima og rein luft.
Miljøstyresmaktene har ansvaret for den påverknaden kjemikaliar har på miljøet generelt. I tillegg har miljøstyresmaktene ansvaret for den påverknaden kjemikaliar har på helsa til forbrukarane, mens påverknad på helsa til arbeidstakarane er arbeidsstyresmaktenes ansvar. Miljøstyresmaktenes ansvar er vidare avgrensa i forhold til nokre bruksområde for kjemikaliane og i forhold til enkelte eigenskapar ved dei. Brann- og eksplosjonsfare knytt til kjemikaliar fell utanfor miljøstyresmaktenes ansvarsområde.
Tabell 8.7 Mål- og indikatortabell for resultatområde 3 underområde 4 Miljøgifter
Nasjonale resultatmål: | Miljøforvaltningas arbeidsmål: | Miljøforvaltningas resultatindikatorar: |
---|---|---|
1. Utslepp av enkelte miljøgifter (jf. Prioritetslista og kriteria i tabell 8.9 ) skal stansast eller reduserast vesentleg innan 2005 og 2010. | 1.1. Sjå til at utslepp av prioriterte miljøgifter blir reduserte eller stansa. | Indeks for utslepp av kjemikaliar på prioritetslista vekta etter fare for helse og miljø. |
Statusbeskriving
Arbeidsmål 1.1. Sjå til at utslepp av prioriterte miljøgifter blir reduserte eller stansa
Arbeidsmål 1 omfattar miljøgifter som utgjer særlege helse- og miljøproblem i Noreg. I følgje målet skal utsleppa av stoffa på den første delen av lista stansast innan 2005. Utsleppa av dei andre miljøgiftene på lista skal reduserast vesentleg innan 2010 i forhold til nivået i 1995.
Tabell 8.8 Liste over prioriterte kjemikaliar som er omfatta av det nasjonale resultatmål 1 (Prioritetslista)
Skal reduserast vesentleg innan 2000 og blir freista stansa innan 2005: | Skal reduserast vesentleg, seinast innan 2010: | Skal reduserast vesentleg innan 2010 også dersom stoffa oppfyller eitt av kriteria under: |
---|---|---|
- Klorparafinar, kortkjeda - PCB - Pentaklorfenol - Nonylfenol og nonylfenoletosilat - Oktylfenol og oktylfenoletoksilat - Enkelte tensid (DTDMAC, DSDMAC, DHTDMAC) | - Arsen - Bromerte flammehemmarar - 1,2 Dikloretan (EDC) - Dietylheksylftalat (DEHP) - Dioksin og furan - Heksaklorbenzen - Høgklorerte mellomkjeda parafinar - Klorerte alkyl benzen (KAB) - Muskxylen - Tetrakloreten (PER) - Triklorbenzen - Triklosan - Trikloreten (TRI) - PAH - PFOS-relaterte sambindingar - Tributyltinnsambindingar - Trifenyltinnsambindingar - Bly - Kadmium - Kvikksølv - Krom - Perfluorinert oktansyre (PFOA) - 2,4,6 tri-tert-butylfenol - Dodecylfenol m. isomerer - Bisfenol A - decametylcyklopentasiloxan (D5) | 1. Stoff som vanskeleg let seg nedbryte, hopar seg opp i levande organismar og som a) har alvorlege langtidsverkna der for helse, eller b) er svært giftige i miljøet. 2. Stoff som svært vanskeleg let seg nedbryte og som svært lett hopar seg opp i levande organis mar (utan krav til kjende giftverknader) 3. Stoff som blir funne att i næringskjeda (f.eks. i morsmjølk) i nivå som gir tilsvarande grunn til bekymring. 4. Andre stoff som gir tilsvarande grunn til bekymring, slik som hormonforstyrrande stoff og tungmetall. |
Dei samla utsleppa av alle miljøgiftene på prioritetslista er reduserte frå 1995 til i dag. Utsleppa av miljøgiftene på den første delen av lista er vesentleg reduserte, og målet om at utslepp av oktyl- og nonylfenol og etoksilata deira skulle vere stansa innan år 2000 vart etter miljøstyresmaktene sitt syn oppfylt så langt som mogleg. Dette gjeld dessutan for stoffa med mål om stans i utsleppa innan 2005, og tabellen viser resultat for desse.
Tabell 8.9 Stoff der utslepp av enkelte miljøgifter skal stansast innan 2005. Oppdaterte resultat for utsleppsreduksjonar
Miljøgift | Utslepp 1995 (tonn) | Utslepp 2005 (tonn) | Utsleppsred. 1995-2005 (%) |
---|---|---|---|
Kortkjeda klorparafinar | 1,1 | 0 | 100 |
Nonyl/oktylfenol og etoksilata deira | 25 | 3 | 89 |
Pentaklorfenol | Ca. 10 | 0 | 100 |
Enkelte tensid (DTDMAC, DSDMAC, DHDTMAC) (1995-data erstatta med 1998-data) | 8 | 1 | 89 |
PCB *(ståande masse) | 384* | 155* | 60* |
All ny bruk av PCB har vore forboden sidan 1980. Dei viktigaste potensielle utsleppskjeldene for PCB er PCB-haldige produkt i bruk og kasserte PCB-haldige produkt. Ein handlingsplan for å redusere utslepp av PCB vart lagt fram i i 2003. Sett i internasjonal samanheng har Noreg komme langt i dette arbeidet, men vedvarande innsats er nødvendig.
Frå 1980 til 2005 er ca. 86 pst. av den PCB som fanst i ståande masse teken ut av bruk. For eksempel vart 400 tonn PCB i transformatorar og store kondensatorar fasa ut i 1994. Den forskriftsfesta fristen for å skifte ut PCB-haldige kondensatorar i lysarmatur er nylig gått ut. Gamle PCB-haldige isolerglasruter er ei av dei store attverande potensielle kjeldene til PCB-utslepp.
I 2004 vart det innført ei plikt for importørar og produsentar av isolerglasruter til å delta i eit retursystem for PCB-haldige isolerglasruter. Forskrifta syter for at alle som har avfall kan levere kasserte PCB-haldige isolerglasruter til forsvarleg behandling til ein pris som ikkje overstig kva det kostar å levere inn isolerglasruter utan PCB til vanleg mottak. I 2008 vart kommunanes plikt til å ta imot PCB-haldige ruter frå hushald og mindre verksemder utvida. Hushalda skal kunne levere rutene vederlagsfritt til kommunen. Frå 1. januar 2008 er det innført obligatoriske krav til miljøkartlegging og utarbeiding av avfallsplanar i byggjesaker. Dette kravet er venta å bidra til ein auke av mengda PCB-haldig byggje- og rivingsavfall som blir disponert forsvarleg. Statens forureiningstilsyn følgjer opp utskiftingskrava og krava til handtering av PCB-haldig avfall med kontroll for å sjå til at regelverket er etterlevt.
Utsleppa av miljøgiftene på den andre delen av lista er òg reduserte, og for dei aller fleste stoffa sin del er det venta utsleppsreduksjonar i tråd med målet. Det er likevel naudsynt med framhalden innsats for å nå målet om vesentleg reduksjon for alle stoffa på lista innan 2010. Dette er eit første steg mot målet om å stanse utsleppa innan 2020, sjå resultatmål 2 (tabell 8.10). Det er dei same stoffa som er omfatta av generasjonsmålet som er oppført på prioritetslista. Måloppnåing for alle prioriterte miljøgifter er presentert i Stortingsmelding nr. 14 (2006–2007) Sammen for et giftfritt miljø – forutsetninger for en tryggere fremtid.
Miljøvernstyresmaktene vurderer kontinuerleg kva slag stoff som på bakgrunn av kriteria skal vere omfatta av prioritetslista. Ny vitskapeleg informasjon og endra bruksmønster kan aktualisere nye stoff eller gjere andre mindre aktuelle. For nye stoff som blir lagt til lista vil utsleppsreduksjonar og måloppnåing no bli vurdert i forhold til 2020-målet (resultatmål 2, tabell 8.10).
Triklosan er eit stoff som blir nytta som antibakterielt middel i fleire ulike produkt som kosmetikk, hygieneartiklar, tekstilar og plast. Triklosan er svært giftig i miljøet, det hopar seg opp i levande organismar, og tilgjengelege data på førekomst i miljøet tilseier at stoffet er persistent. Stoffet er blant anna påvist i sediment, slam, fiskelever og morsmjølk. Basert på ei samla vurdering synest triklosan å oppfylle kriteria for prioritetslista, og stoffet blir derfor inkludert på lista.
Koppar vart identifisert som ei miljøgift i 1987 og oppført som ei prioritert miljøgift i Noreg i St.meld. nr. 58 (1996-97). Hovudgrunnen til det var at kopar har høg akutt giftverknad, konkrete effektar i vassdrag som følgje av gruveavrenning og store punktutslepp frå industrien. Kriteria for etablering som prioritert stoff var ikkje så klare den gongen som i dag.
Koppar er eit naturleg førekommande metall. Alle levande organismar har reguleringsmekanismar for fysiologisk kopparkonsentrasjon. Koppar er eit essensielt sporelement for planter og dyr, men fleire kopparsambindingar er svært giftige for organismar som lever i vatn. Koppar er giftigare for organismar i ferskvatn enn i marint miljø grunna fysiologiske skilnader.
Koppar hopar seg ikkje opp i næringskjedene og har ikkje langtidseffektar som hormonliknande effektar.
Ved å stå oppført på prioritetslista har koppar ved målsetjing og utforming av tiltak blitt vurdert på same måte som andre miljøgifter, der alle typar kjelder og spreiing er viktig. Dette vil generelt vere for restriktivt for koppar. Tiltak mot koppar som miljøproblem bør vere basert på konkrete risikovurderingar av aktuell bruk og utslepp, og ikkje retta mot all bruk av koppar og kopparsambindingar generelt. Koppar blir derfor teke ut av prioritetslista.
Tabell 8.10 Mål- og indikatortabell for resultatområde 3 underområde 4 Miljøgifter
Nasjonale resultatmål | Miljøforvaltningas arbeidsmål | Resultatindikatorar |
---|---|---|
2. Utslepp og bruk av kjemikaliar som utgjer ein alvorleg trussel mot helse og miljø skal kontinuerleg reduserast med det målet å stanse utsleppa innan ein genera sjon (dvs. innan 2020). | 2.1. Identifisere nye miljøgifter og arbeide for at utsleppa blir reduserte eller stansa gjennom arbeid nasjonalt og internasjonalt. | Nøkkeltala på feltet er til vurde ring. |
Statusbeskriving
Arbeidsmål 2.1. Identifisere nye miljøgifter og arbeide for at utsleppa blir reduserte eller stansa gjennom arbeid nasjonalt og internasjonalt
Stoffa som er omfatta av generasjonsmålet er dei som er rekna som miljøgifter. Miljøgifter er kjemikaliar som er giftige for helse og miljø, og/eller som er vanskelege eller svært vanskelege å bryte ned i naturen og som hopar seg opp i næringskjedene, (jf. kriteria i tabell 1). Miljøgifter som hopar seg opp i miljøet og næringskjedene medfører ei gradvis forgifting av jord, luft, vatn, menneske og dyr. Det må arbeidast kontinuerleg med å identifisere slike stoff både på nasjonalt og internasjonalt plan.
Generasjonsmålet er nedfelt i miljøgiftstrategien i OSPAR-konvensjonen. Innan OSPAR er rundt 40 stoff eller stoffgrupper prioriterte for tiltak. Eit liknande mål er dessutan blitt vedteke i EUs rammedirektiv for vatn. ECE-protokollane om organiske miljøgifter og tungmetall under langtransportkonvensjonen (LRTAP) trådde i kraft i 2003. Dei globale avtalene Stockholm-konvensjonen om organiske miljøgifter og Rotterdam-konvensjonen om handel med farlege kjemikaliar trådde i kraft i 2004. Avtalene styrkjer den internasjonale reguleringa av miljøgifter, og det blir arbeidd med å få inn strengare krav og inkludere fleire stoff i avtalane. Reduserte utslepp av stoff omfatta av resultatmål 1 og stoff omfatta av internasjonale avtaler og plikter medverkar til at vi kjem nærare generasjonsmålet.
Tabell 8.11 Mål- og indikatortabell for resultatområde 3 underområde 4 Miljøgifter
Nasjonale resultatmål | Miljøforvaltningas arbeidsmål | Resultatindikatorar |
---|---|---|
3. Nasjonalt resultatmål Risiko for at utslepp og bruk av kjemikaliar årsaker skade på helse og miljø skal minimerast. | 3.1. Arbeide for å minimere risiko for at utslepp og bruk av kjemikaliar fører til skade på helse og miljø. | Risikoindikator for potensiell eksponering for helse- og miljøfarlege kjemikaliar |
Statusbeskriving
Arbeidsmål 3.1. Arbeide for å minimere risiko for at utslepp og bruk av kjemikaliar fører til skade på helse og miljø
Arbeidsmålet er retta mot det meir generelle arbeidet med å hindre helse- og miljøskade frå kjemikaliar. Målet inneber at stadig mindre helse- og miljøfarlege kjemikaliar skal inngå i produksjon, produkt og avfall, og at kjemikaliar skal nyttast på ein måte som reduserer risikoen for helse- og miljøskade.
Informasjon er nødvendig for at brukarar skal kunne erstatte farlege kjemikaliar med alternativ som medfører mindre risiko, og det er lagt til rette for elektronisk deklarering av farlege kjemikaliar. Basert på omsetningstal kombinert med eit sett korreksjonsfaktorar som seier noko om korleis kjemikaliane vert brukte, er det utvikla ein risikoindikator for helse- og miljøfarlege stoff, der indikatoren i 2002 er sett lik 1. Figur 8.1 viser utviklinga i denne risikoindikatoren for helsefarlege (CMR-klassifiserte, kronisk giftige og allergiframkallande stoff) og miljøfarlege stoff i perioden 2002 – 2006. Årleg evaluering og betring av berekningsmodellen vil bli gjennomført.
Tabell 8.12 Mål- og indikatortabell for resultatområde 3 underområde 4 Miljøgifter
Nasjonale resultatmål | Miljøforvaltningas arbeidsmål | Resultatindikatorar |
---|---|---|
4. Spreiing av miljøgifter1 frå forureina grunn skal stansast eller reduserast vesentleg. Spreiing av andre helse- eller miljøfarlege kjemikaliar skal reduserast på bakgrunn av ei konkret risikovurdering. | 4.1. Syte for gjennomføring av tiltak for opprydding av miljøgifter frå forureina grunn og arbeide for å redusere risiko frå spreiing av andre helse- og miljøfarlege kjemikaliar. | Talet på kjende lokalitetar med alvorleg grunnforureining2. |
1 Miljøgifter er definerte som kjemikaliar omfatta av nasjonale resultatmål 1 og 2.
2 Lokalitetar som er kjende av miljøstyresmaktene der det finst eller er grunn til å tru at det kan finnast miljøgifter med spreiingsfare, eller andre helse- og miljøfarlege kjemikaliar med spreiingsfare der det ut frå ei risikovurdering er behov for vidare tiltak.
Statusbeskriving
Arbeidsmål 4.1. Syte for gjennomføring av tiltak for opprydding av miljøgifter frå forureina grunn og arbeide for å redusere risiko frå forureina grunn og arbeide for å redusere risiko frå spreiing av andre helse- og miljøfarlege kjemikaliar
Pr. 1. april 2008 er det 348 kjende lokalitetar med alvorleg grunnforureining, dvs. lokalitetar som er kjende av miljøstyresmaktene og der det finst eller er grunn til å tru at det kan finnast miljøgifter med spreiingsfare, eller andre helse- og miljøfarlege kjemikaliar med spreiingsfare der det ut frå ei risikovurdering er behov for vidare tiltak. Oppfølginga av lokalitetane kan innebere undersøkingar, sikring og overdekning, fjerning av masse, arealbruksrestriksjonar eller liknande. Talet på lokalitetar går ned som resultat av gjennomført oppfølging, men det vil òg kunne auke på grunnlag av for eksempel nye undersøkingar, nye utslepp eller revurdering av risiko ved forureininga.
I arbeidet med forureina grunn er det lagt til grunn at spreiing av miljøgifter frå forureina grunn skal stansast eller reduserast vesentleg, mens spreiing av andre helse- eller miljøfarlege kjemikaliar skal reduserast på bakgrunn av ei konkret risikovurdering. Særleg blir prioritert oppfølging av stader der forureininga medfører helserisiko for menneske eller der forureininga lek frå grunnen til område som er prioriterte i samband med arbeidet med forureina sjøbotn (sjå arbeidsmål 5.1.). Det blir dessutan vurdert nærare korleis ein kan ta omsyn til særleg sårbare grupper, som for eksempel barn.
Ein handlingsplan for opprydding i forureina grunn i barnehagar vart fremja hausten 2006. Handlingsplanen inneber at overflatejorda i barnehagane i dei 10 største byane og 5 store industristader skal undersøkjast i løpet av 2008 og eventuell forureining ryddast opp innan 2010.
Statens forureiningstilsyn (SFT) syter for gjennomføring av handlingsplanen i samarbeid med dei aktuelle partane. Alle dei 15 involverte kommunane er no i gang med arbeidet. Enkelte stader har ein allereie sett i gang oppryddingstiltak. For eksempel er Oslo kommune langt på veg ferdig med oppryddinga. Også utskifting av CCA-impregnert trevirke rundt sandkassar og sandbasseng er godt i gang her. Andre kommunar er framleis i ein tidlegare fase og arbeider med å innhente tilbod for å få gjennomført dei aktuelle undersøkingane. Arbeid er òg sett i gang for å undersøkje enkelte barnehagar som ikkje har vore utsette for særleg påverknad av forureining, for å mogleggjere samanlikning av data.
Tabell 8.13 Mål- og indikatortabell for resultatområde 3 underområde 4 Miljøgifter
Nasjonale resultatmål | Miljøforvaltningas arbeidsmål | Resultatindikatorar |
---|---|---|
5. Sediment (botnmassar i vatn) som er forureina med helse- eller miljøfarlege kjemikaliar, skal ikkje medføre fare for alvorlege forureiningsproblem. | 5.1. Syte for gjennomføring av til tak for opprydding av helse- og miljøfarlege kjemikaliar i forureina sediment. | Nøkkeltala på feltet er til vurdering. |
Statusbeskriving
Arbeidsmål 5.1. Syte for gjennomføring av tiltak for opprydding av helse- og miljøfarlege kjemikaliar i forureina sediment
Handlingsplan for opprydding i forureina sjøbotn i St.meld. nr. 14 (2006-2007) Sammen for et giftfritt miljø – forutsetninger for en tryggere fremtid byggjer på fylkesvise tiltaksplanar for opprydding i forureina sjøbotn for dei 17 høgst prioriterte områda i Noreg. Dei fylkesvise tiltaksplanane er avgrensa til dei delane av fjordane der sjøbotnen er sterkast forureina, og til kjeldeområde på land i tilknyting til desse.
Eit omfattande arbeid er sett i gang med å førebu og gjennomføre oppryddingsprosjekt på dei 17 områda.
For at opprydding i sjøbotnen skal gi varig betring, må viktige nye tilførsler av miljøgifter stansast før opprydding i sjøbotnen finn stad. For dei fleste tiltaksplanområda går det no føre seg arbeid med å gi pålegg om undersøking til dei viktigaste kjeldene, bl.a. skipsverft og annan industri, forureina grunn inkl. deponi og store hamner. Miljøvernstyresmaktene har gitt pålegg til dei aller fleste av ca. 100 prioriterte skipsverft om å gjennomføre undersøkingar i grunnen og i sjøbotnen utanfor for å klarleggje behovet for opprydningstiltak. Det er i tillegg gitt pålegg til 10 store hamner om å kartleggje korleis verksemda deira bidrar til å forureine sjøbotnen, og vurdere behovet for opprydning. Tilsvarande pålegg vil bli gitt til dei største industrihamnene. Deretter vil miljøvernstyresmaktene, der det er nødvendig og juridisk mogleg, gi pålegg om oppryddingstiltak for å stanse utlekking til sedimenta.
Parallelt med at kjeldene blir stengt blir sjøbotnen i dei 17 prioriterte tiltaksplanområda undersøkt, slik at det er grunnlag for å lage detaljerte oppryddingsplanar. Det er viktig at det blir gjennomført grundige prosjekteringsundersøkingar inkludert gode kostnadsberekningar før det blir fatta vedtak om kva slag tiltak som bør setjast i verk.
I dei fleste av tiltaksplanområda har kommunane ei sentral rolle i oppryddingstiltaka som lokal styresmakt, ansvarleg for hamneverksemda og ansvarleg for viktige kjelder til utlekking av miljøgifter som avfallsdeponi og kommunale avløp. SFT sende i januar 2008 ut invitasjon til dei involverte kommunane om å søkje SFT om økonomisk medverknad til undersøkingar og oppryddingsprosjekt i forureina sjøbotn.
Arbeida med å planleggje og gjennomføre tiltak i forureina sjøbotn er i gang ei rekkje stader. I Oslo har ein f. eks. komme godt i gang med sjølve oppryddingsarbeidet, mens ein framleis er i planleggingsfasen ei rekkje andre stader, f. eks. i Hammerfest, Harstad, Bergen, Grenland, Tromsø, Trondheim, Ålesund, Stavanger, Arendal, og Listerregionen.
Verkemiddel
Resultatområde 3, underområde 4 helse- og miljøfarlege kjemikaliar er i hovudsak planlagt finansiert over Statens forureiningstilsyns budsjett kap. 1441 og kapitla 1400 og 1410 for 2009. Dessutan har Fylkesmannen ansvar for oppgåver under resultatområde 3.4. Ein viser til nærare omtale av desse under resultatområde 7.1. Midlar til lønn og drift for desse oppgåvene er budsjetterte på kap. 1510 Fylkesmannsembeta, under Fornyings- og administrasjonsdepartementets budsjett. Lov om vern mot forureiningar og om avfall (forureiningslova), Lov om kontroll med produkt og forbrukartenester, og forskrifter gitt i medhald av desse er dei sentrale juridiske styringsverktøya på kjemikalieområdet.
I dette inngår verkemiddel og tiltak for å stanse utslepp frå produkt, både under produksjon, bruk og når dei blir avfall. Streng regulering av utslepp frå industri og prosessutslepp skal leggjast til grunn. Verkemiddelbruken i kjemikaliepolitikken har som føremål å redusere risiko frå helse- og miljøfarlege kjemikaliar generelt, mens det for miljøgiftene er lagt til grunn at alle utslepp skal stansast innan 2020, i tillegg til at utsleppa skal reduserast vesentleg allereie innan 2010.
Regjeringa legg opp til at eit offentleg utval skal sjå på korleis utslepp av miljøgifter kan stansast i medhald av 2020-målet. Utvalet skal gi innspel til styresmaktene om konkrete tiltak som kan setjast i verk for å bidra til at styresmaktene når måla sine. Det skal arbeidast for ei styrkt regulering av helse- og miljøfarlege kjemikaliar både internasjonalt og nasjonalt. Det nye regelverket i EU/EØS om registrering, vurdering, godkjenning og restriksjonar på kjemikaliar (REACH) vart innlemma i EØS-avtala 14. mars 2008 og godkjent av Stortinget 29. mai 2008. Norsk gjennomføringsforskrift vart fastsett med verknad 30. mai 2008. REACH er no det grunnleggjande systemregelverket i Noreg. Det er òg oppretta eit nytt kjemikaliebyrå (ECHA) i tilknyting til oppfølging av REACH. Deltaking i ECHA medfører auka økonomiske forpliktingar for Noreg. ECHA skal i utgangspunktet finansierast av gebyr, men vil i oppstartsfasen vere avhengig av bidrag frå EUs budsjett. Gebyrfinansieringa vil bety relativt lite i 2008 og 2009, men vil auke etter dette. EØS/EFTA-landa er òg forplikta til å bidra med ein fast forholdsmessig del. Regjeringa vil bl.a. syte for at norsk forvaltning skal kunne medverke aktivt til at det nye kjemikalieregelverket i REACH sikrar godt vern av helse og miljø og styrkje internasjonalt kjemikaliearbeid. Internasjonalt arbeid er spesielt viktig, då ei stor mengd av dei helse- og miljøfarlege kjemikaliane som blir tilført miljøet i Noreg stammar frå utslepp i andre land, og blir ført til Noreg via luft- og havstraumar. I tillegg blir det innført ei rekkje kjemikaliar via produkt som er produserte utanfor Noreg. Noreg har nyleg foreslått at den bromerte flammehemmaren HBCDD blir inkludert i den globale Stockholm-konvensjonen og i POPs-protokollen under den regionale langtransportkonvensjonen.
Regjeringa vil følgje opp dei nasjonale handlingsplanane for bromerte flammehemmarar, PCB, PFOS, kvikksølv og prioriterte miljøgifter som krev særskilt innsats. Frå 2008 er det innført nasjonalt forbod mot kvikksølv i produkt og utvida forbod mot den bromerte flammehemmaren deka-BDE. Eit forslag til regulering av visse miljøgifter i forbrukarprodukt var på nasjonal og internasjonal høyring i 2007. Miljøverndepartementet har no motteke Statens forureiningstilsyns forslag til regulering. Kunnskapsheving er òg svært viktig i kjemikaliearbeidet, og Regjeringa vil arbeide for å auke kunnskapen om kjemiske stoff og kartleggje miljøgifter i naturen og i produkt.
Det skal opprettast ein nasjonal miljøprøvebank med ulike typar prøvemateriale for seinare analysar av miljøgifter. Formålet er å kunne foreta nye analysar av prøver når betre metodar for å oppdage miljøgifter vert utvikla, fastsetje bakgrunnsnivå for nye miljøgifter og etablere tidstrendar. Kunnskap frå materialet i ein miljøprøvebank vil blant anna danne grunnlag for tiltak mot forureining med miljøgifter, og gi dokumentasjon om spreiing av miljøgifter som Noreg treng for å vere ein pådrivar for internasjonale reguleringar på miljøgiftområdet. Miljøprøvebanken vil òg bidra til auka utnytting av ressursar og effektivisering innafor overvaking og forsking, i det utnyttinga av innsamla prøver til nye og fleire formål vil bli betydeleg større enn før.
Den nasjonale miljøprøvebanken bør over fleire år byggjast opp for å bli ei fullgod løysing for forskings- og overvakingsformål for miljøgifter. Miljøprøvebanken bør innehalde både biologiske prøver på ulike nivå i næringskjeda som fisk og fugl (med fokus på dyr høgt oppe i næringskjeda), og prøver av sediment, luft og nedbør. Humant materiale er òg viktig for å kunne overvake miljøgiftnivå i menneskekroppen. Den systematiske innsamlinga av miljøgiftprøver skal frå 2009 omfatte faste stasjonar i heile landet inkludert Svalbard, Bjørnøya og dei opne havområda.
Etablering av ein miljøprøvebank for forsking og overvaking av miljøgifter er forankra i St.meld. nr. 14 (2006-2007) Sammen for et giftfritt miljø – forutsetninger for er tryggere fremtid og St.meld. nr. 8 (2005-2006) Helhetlig forvaltning av det marine miljøet i Barentshavet og havområdene utenfor Lofoten.
Regjeringa vil styrkje arbeidet for at forbrukarar skal kunne ta miljøvennlege val, og dermed redusere bruk av produkt som inneheld helse- og miljøfarlege kjemikaliar. Produktregisteret skal halde fram sitt arbeid for å betre tilrettelegginga av offentleg informasjon for allmenta. Regjeringa vil òg auke kontroll og tilsyn med regelverket for helse- og miljøfarlege kjemikaliar.
Miljøstyresmaktene arbeider kontinuerleg med å følgje opp handlingsplanen for opprydding i forureina sjøbotn, jf. St.meld. nr. 14 (2006-2007). Prosessen med å førebu og gjennomføre oppryddingsprosjekt i sjøbotn er omfattande og tek tid. Det er mange aktørar involverte i arbeidet, ansvarsforholda er uoversiktlege, saksområdet er både fagleg komplisert og omstridt (eks. Oslo hamn), det er eit stort tal forureiningskjelder. Når tiltaka kjem i gang, er desse ofte være svært omfattande og dyre.
Utgangspunkt for arbeidet med forureina grunn og forureina sediment er at forureinar skal betale, og det viktigaste verkemidlet for å få rydda opp er pålegg etter forureiningslova. Det vil likevel ofte vere behov for bidrag frå det offentlige til dekning av kostnader knytte til undersøkingar og opprydning i område der den ansvarlege ikkje kan påleggjast dei fulle kostnadene. Dette gjeld særleg ved opprydning i forureina sjøbotn der ansvarsforholda ofte er komplekse og kostnadene store. Det er løyvd midlar til dette arbeidet over Miljøverndepartementets budsjett, sjå postomtalen til kap. 1441 post 39 Oppryddingstiltak.
Strategisk mål
Underområde Avfall og gjenvinning
Det er eit mål å syte for at skadane frå avfall blir så små som mogleg på menneske og naturmiljø. Dette skal gjerast ved å løyse avfallsproblema gjennom verkemiddel som sikrar ein samfunnsøkonomisk god balanse mellom omfanget av avfall som blir generert, og som blir gjenvunne, brent eller deponert.
Resultatområde 3 – underområde 5 Avfall og gjenvinning
Definisjon og avgrensing
Resultatområde 3, underområde 5 omfattar arbeidet med å redusere miljøskadelege utslepp som følgje av avfall (inkl. farleg avfall), gjennom å redusere avfallsmengdene, auke gjenvinninga, og syte for ei forsvarleg sluttbehandling av avfallet, og å medverke til mindre forsøpling. Resultatområdet omfattar dessutan internasjonalt arbeid, særleg arbeidet med EU-direktiv og oppfølginga av Basel-konvensjonen. Resultatområdet omfattar ikkje kjernefysisk avfall eller avfall frå sprengstoff, eksplosiv m.m. Både fiskeavfall som blir dumpa til sjøs og lausmassar, stein og grus er omfatta av avfallsomgrepet, men dei er ikkje årsak til vesentlege ulemper når det gjeld forureining.
Tabell 8.14 Mål- og indikatortabell for resultatområde 3 underområde 5 avfall og gjenvinning
Nasjonale resultatmål: | Miljøforvaltningas arbeidsmål: | Miljøforvaltningas resultatindikatorar: |
---|---|---|
1 Utviklinga i generert mengd avfall skal vere vesentlig lågare enn den økonomiske veksten. | 1.1. Stimulere til at avfallsmengdene blir vesentleg lågare enn den økonomiske veksten1. | Total mengd avfall generert pr. år sett i forhold til økonomisk vekst målt i BNP. |
1 Arbeidsmål og oppfølging/verkemiddel knytte til resultatmål 1 vil i betydeleg grad påverke måloppnåinga for resultatmål 2, og omvendt.
Statusbeskriving
Arbeidsmål 1.1. Stimulere til at avfallsmengdene blir vesentlig lågare enn den økonomiske veksten
I perioden 1995–2006 auka den totale avfallsmengda med om lag 30 pst., mens BNP i same periode auka med 37 pst. (SSB 2007). Fram til rundt 2003 hadde dei totale avfallsmengdene ein vekst i tråd med det nasjonale målet til miljøstyresmaktene om at avfallsmengdene ikkje skal auke meir enn BNP. Hushaldsavfallet har auka meir enn BNP heile perioden. Dette er ikkje i tråd med det nasjonale målet. Etter 2003 har i tillegg næringsavfallet auka raskare enn økonomien. Auken kan skuldast høg aktivitet i store delar av næringslivet, men òg endringar i datagrunnlag og omlegging av avfallsstatistikken.
Tabell 8.15 Mål- og indikatortabell for resultatområde 3 underområde 5 avfall og gjenvinning
Nasjonale resultatmål | Miljøforvaltningas arbeidsmål | Resultatindikatorar |
---|---|---|
2. Det blir teke sikte på at mengda avfall til gjenvinning skal vere om lag 75 pst. i 2010 med ei vidare opptrapping til 80 pst., basert på at mengda avfall til gjenvinning skal aukast i tråd med det som er eit samfunnsøkonomisk og miljømessig fornuftig nivå. | 2.1. Sjå til at det finst rammevilkår for å oppfylle dei nasjonale gjenvinningsmåla1. | Delen av avfall som går til gjenvinning, basert på totalt generert mengd avfall som går til kjent behandling. |
1 Arbeidsmål og oppfølging/verkemiddel knytte til nasjonalt resultatmål 1 vil i betydeleg grad påverke måloppnåinga for nasjonalt resultatmål 2, og omvendt.
Statusbeskriving
Arbeidsmål 2.1. Sjå til at det finst rammevilkår for å oppfylle dei nasjonale gjenvinningsmåla
Gjenvinning av avfall omfattar materialgjenvinning, biologisk behandling og energiutnytting. Det oppsto 9,6 mill. tonn avfall i 2006. Nær 70 pst. av ordinært avfall vart gjenvunne i 2006. Av dette vart om lag to tredelar materialgjenvunne. Resten vart anten brent med energiutnytting eller behandla biologisk (SSB 2007). Retursystema for særskilte avfallstypar har oppnådd svært gode resultat, og medverkar til ein positiv auke i delen avfall som går til gjenvinning. Innsamling av EE-avfall (elektrisk og elektronisk avfall) har hatt ein stor auke etter at retursystemet kom på plass i 1999. I 2007 vart det samla inn 147 500 tonn EE-avfall i Noreg. Dette svarer til rundt 30 kg EE-avfall pr. person. Høg levestandard, rask teknologisk utvikling og kortare levetid på produkt gjer at denne avfallstypen aukar opptil tre gonger så raskt som anna avfall. I 2006 oppnådde retursystema for emballasjeavfall ein samla gjenvinningsdel på 90 pst. Retur av drikkevareemballasje har i mange år gitt positive resultat, til dømes er returdelen for gjenbruksflasker av glas og plast på over 95 pst.
Tabell 8.16 Mål- og indikatortabell for resultatområde 5 underområde avfall og gjenvinning
Nasjonale resultatmål | Miljøforvaltningas arbeidsmål | Resultatindikatorar |
---|---|---|
3. Praktisk talt alt farleg avfall skal takast forsvarleg hand om og anten gå til gjenvinning eller vere sikra god nok nasjonal behandlingskapasitet. Genereringa av ulike typar farleg avfall skal reduserast innan 2020 samanlikna med 2005-nivå. | 3.1. Sjå til at det finst rammevilkår for å oppfylle dei nasjonale måla for farleg av fall. | Mengd farleg avfall med ukjend disponering. Mengd farleg avfall som blir eksportert til sluttbehandling. |
Statusbeskriving
Arbeidsmål 3.1. Sjå til at det finst rammevilkår for å oppfylle dei nasjonale måla for farleg avfall
1 020 000 tonn helse- og miljøfarleg avfall gjekk til godkjent behandling i 2006, ein auke på 9 pst. frå året før. I 2006 gjekk 88 000 tonn farleg avfall til ukjent handtering. Det er 1 pst. mindre enn i 2005, og 16 pst. mindre enn i 2003 (SSB 2007). Lista over farlege avfallstypar vart utvida frå 1.januar 2003, med blant anna impregnert trevirke og plast med bromerte flammehemmarar. Dette forklarer auken i mengd farleg avfall til ukjent handtering frå 2002 til 2003. Held vi desse typane farleg avfall utanom, gjekk mengda farleg avfall til ukjent handtering ned med 26 pst. frå 1999 til 2006.
Ukjent handtering kan bety at avfallet er gått til godkjent handtering, men at det ikkje er registrert. Men det kan òg bety at avfallet har blitt handtert på uforsvarleg vis eller er hamna i naturen. Tala frå SSB tyder på at ein betydeleg del av mengda som er inkludert i kategorien ukjent handtering faktisk har gått til godkjent handtering og dermed er inkludert i dei 1 020 000 tonna til godkjent handtering.
Oljehaldig avfall utgjorde hovuddelen av mengda farleg avfall til ukjent handtering i 2006, slik situasjonen har vore sidan 1999. Mengda har likevel avteke med 8 pst. frå 2003.
89 pst. av alt farleg avfall til godkjend handtering gjekk i 2006 til spesialdeponi eller andre former for sluttbehandling. Mange typar farleg avfall, bl.a. frå industrien, er vanskelege å gjenvinne, og dette kan vere ei forklaring på den høge sluttbehandlingsprosenten. Ein stor del av det sluttbehandla avfallet blir stabilisert og nytta til landskapsrestaurering.
Verkemiddel
Avfallspolitikken blir gjennomført gjennom eit samspel mellom ei rekkje ulike verkemiddel; lover og forskrifter, avgifter, tilskotsordningar, bransjeavtaler og informasjonstiltak, og kombinasjonar av desse. Dei sentrale juridiske styringsverktøya på avfallsfeltet er lov om vern mot forureiningar og om avfall (forureiningslova) og forskrift om gjenvinning og behandling av avfall (avfallsforskrifta).
Resultatområde 3, underområde 5 Avfall og gjenvinning er finansiert over kap. 1441 Statens forureiningstilsyn, kap. 1400 Miljøverndepartementet, og i noko grad over kap. 1410 Miljøforsking og 1429 Riksantikvaren. Dessutan har Fylkesmannen ansvar for store oppgåver under resultatområde 3, underområde 5. Ein viser til nærare omtale av desse under resultatområde 7. Midlar til lønn og drift for desse oppgåvene er budsjetterte på kap. 1510 Fylkesmannsembeta, under Fornyings- og administrasjonsdepartementets budsjett.
I samband med Stortingets behandling av St.meld. nr. 26 (2006-2007) Regjeringens miljøpolitikk og rikets miljøtilstand vart Regjeringa bedt om å komme tilbake til Stortinget med ei eiga sak om avfallspolitikken. I det følgjande blir det derfor gitt ein brei gjennomgang av dei aktuelle verkemidla på avfallsområdet.
Prosjekt for avfallsførebygging
Regjeringa har som mål at veksten i avfallsmengdene skal vere vesentleg mindre enn den økonomiske veksten. Til no har avfallsmengdene vakse omtrent i takt med BNP-veksten, og spesielt har mengda hushaldsavfall vakse raskt. Frå 2009 vil det bli bli gjennomført eit prøveprosjekt som har som føremål å bidra til avfallsførebygging og redusert miljøbelastning frå produksjon og forbruk.
Gjennom prosjektet skal ein fremje ei meir miljøvennleg samfunnsutvikling ved å bidra til redusert miljøbelastning frå produksjon og forbruk. Det skal på denne måten leggjeast til rette for ein tettare samanheng mellom forbrukar- og miljøspørsmål, og gjere det enklare for folk å vere miljøvennlege i kvardagen. Det blir løyvd 3 mill. kroner for 2009.
Gjennom prøveprosjektet vil ein supplere tradisjonelle verkemiddel i miljøpolitikken med informasjon og rådgiving for å stimulere bedrifter og privatpersonar til å gjere meir miljøvennlege val. Dette inkluderer mellom anna ei samordna nettløysing for alle som vil handle miljøvennleg i kvardagen, og marknadsføring av eksisterande miljømerke. Det vil og vere aktuelt å gi tilskot til organisasjonar og bedrifter for å utløyse tiltak som bidrar til redusert miljøbelastning frå produksjon og forbruk.
Plastposar
Vi brukar nær 1 milliard plastposar i Noreg kvart år. Plastposane er blitt eit symbol på forbrukarsamfunnet og det er sett fokus på bruk av plastposar som miljøproblem både i Noreg og internasjonalt. Det er bl.a. innført forbod eller andre lovreguleringar i ei rekkje land og byar, mellom anna i Bangladesh, Kina, Paris og San Fransisco. Det er òg teke lokale initiativ for å avgrense bruken av plastposar i Noreg.
Regjeringa har som mål å avgrense veksten i avfallsmengda, dvs. hindre at avfall oppstår. Ein reduksjon i forbruket av plastposar vil kunne bidra til dette.
For å sikre at eit eventuelt verkemiddel retta mot å redusere forbruket av plastposar vart tilstrekkeleg utgreidd, vart Statens forureiningstilsyn gitt i oppdrag å syte for ei kartlegging av miljøkonsekvensane av dagens bruk av plastposar og alternativa til desse. Resultata frå kartlegginga viser at gjenbruksbaggar av plast eller tekstilar er mest miljøvennlege, under føresetnad av at dei blir nytta tilstrekkeleg mange gonger. Kartlegginga viser i tillegg at vi brukar fleire plastposar enn nødvendig. Plastposen kjem likevel totalt sett betre ut miljømessig enn papirposen. Kartlegginga viser òg at plastposane spelar ei viktig rolle i dagens avfallshandtering, ca. 80 pst. av plastposane blir nytta som emballasje av avfall frå hushalda. Positivt er det at kartlegginga viser at ein svært liten del av plastposane hamnar i naturen.
Gjenvinning
Miljøforvaltninga skal medverke til å oppfylle gjenvinningsmåla gjennom forvaltning av forureiningslova, konsesjonspraksis og krav til kommunar og næringsliv.
Strenge krav til handtering av avfall og avgift på sluttbehandling av avfall medverkar til å styre avfallsstraumane i ønskt retning. Særskilte retur- og produsentansvarsordningar for enkelte avfallstypar legg i tillegg til rette for ei stadig aukande grad av gjenvinning.
Produsentansvarsordningane
For å sikre at kasserte produkt blir samla inn og tekne forsvarleg hand om når dei endar som avfall, er det etablert produsentansvarsordningar for batteri, dekk, elektriske og elektroniske produkt (EE), ulike typar emballasje, bilvrak og PCB-haldige isolerglasruter.
I St.meld. nr. 26 (2006-2007) om Regjeringens miljøpolitikk og rikets miljøtilstand varsla Miljøverndepartementet at det ville bli sett i gang eit arbeid med å gå gjennom dei ulike produsentansvarsordningane. Dette vart grunngitt med at det var over 10 år sidan dei første ordningane vart etablerte, og at det derfor var naturleg å vurdere kor vidt det var sider ved dei ulike ordningane som kan gjerast betre og meir effektive.
For å kunne utføre ei evaluering av produsentansvarsordningane, såg departementet behov for å få betre oversikt over dei ulike ordningane slik dei fungerer i dag. Eit arbeid med å kartleggje produsentansvarsordningane vart derfor sett i verk. Kartlegginga vart ferdigstilt i juli 2008. I kartlegginga blir dei eksisterande produsentansvarsordningane beskrivne med vekt på dagens status. Også måloppnåinga for dei ulike ordningane er beskriven.
Nokre sentrale observasjonar frå kartlegginga er:
Produsentansvarsordningane er baserte på forskjellig grunnlag, frå reine bransjeavtaler til forskriftsbaserte ordningar, avgiftsbaserte ordningar og kombinasjonar av desse.
Kartlegginga viser at nokre av produsentansvarsordningane er relativt like. Det er eit utstrakt samarbeid mellom fleire returselskap. Eksempel på dette er emballasjesamarbeidet i Grønt Punkt Noreg og samarbeidet gjennom LOOP.
Kartlegginga viser samtidig at fleire av ordningane er svært forskjellige. Utviklinga av desse har skjedd relativt individuelt avhengig av spesifikke forhold innanfor kvart enkelt avfallsstraum. Eksempel på dette er ordningane for PCB-haldige isolerglasruter, glasemballasje og EE-produkt.
Kartlegginga viser at ordningane har utvikla seg sidan etableringa. Konfliktnivået i kjedene og i forhold til avfallsaktørane har normalt vore høgare ved opprettinga av ordningane enn ved seinare endringar eller omleggingar av ordningane. Nokre ordningar er prega av stor konkurranse mellom aktørane, eksempelvis innanfor EE-avfall og bilvrak.
Kartlegginga viser at måloppnåinga innan dei ulike ordningane varierer ein del, samtidig som dei fleste av ordningane har nådd dei målsetjingane som er nedfelte i bransjeavtalene og/eller i forskriftene.
Ordningane er svært forskjellige med omsyn til kostnads- og aktivitetsnivå.
Ordningane er svært forskjellige ut frå mengd og kor farleg avfallet er. Spennet frå 250 000 tonn brunt papir til 200 tonn NiCd-batteri og spennet frå glasemballasje til PCB-haldige isolerglasruter eksemplifiserer dette.
Ordningane er generelt oppfatta som viktige for å nå fastsette målsetjingar. Det er meir sprikande oppfatningar om kor vidt avtaler er eit føremålstenleg verkemiddel i tida framover.
Kartlegginga viser at materialverdi og høvet til avsetning er viktige faktorar for resultatoppnåing innan dei ulike ordningane.
Departementet vil, bl.a. på bakgrunn av observasjonane som er gjort gjennom kartlegginga, vurdere hvorvidt og eventuelt korleis det vidare evalueringsarbeidet skal leggjast opp.
Utrangerte fritidsbåtar
Ei kartlegging Statens forureiningstilsyn har fått gjennomført anslår at det finst om lag 1 million fritidsbåtar i Noreg. Kartlegginga viser at fritidsbåtane har ei lengre levetid enn ein trudde før, og at det derfor blir utrangert færre fritidsbåtar pr. år enn kva som gjekk fram av tidlegare prognosar. Ein trur at det i 2007 vart utrangert rundt 5 500 fritidsbåtar. Talet på utrangerte båtar er venta å auke til rundt 15 000 i 2017. Det er viktig å understreke at levetidsprofilen er svært samansett og at tala derfor er litt usikre.
Utrangerte fritidsbåtar frå privatpersonar er hushaldsavfall og fell i dag inn under kommunane sitt renovasjonsansvar. Dei fleste kommunane har ikkje eit særskilt tilbod om mottak av denne typen avfall og gjeldande system er heller ikkje særleg kjent. Returdelen av fritidsbåtar til dei kommunale mottaka er relativt låg.
Det er truleg fleire årsaker til den låge returgraden av utrangerte fritidsbåtar. Det er for det første ein velfungerande bruktmarknad for gamle fritidsbåtar. I tillegg er det ikkje uvanleg at fritidsbåtar som ikkje blir brukte blir ståande i hagar og liknande. Det er likevel òg ei kjensgjerning at det framleis førekjem ulovleg disponering av utrangerte fritidsbåtar ved at desse blir brende, senka eller sette att i fjøra e.l.
Miljøproblemet knytt til dei utrangerte fritidsbåtane er likevel sett på som relativt lite, ettersom ulovleg disponerte fritidsbåtar framleis utgjer ei lita mengd avfall. Men prognosane viser at talet på utrangerte fritidsbåtar vil auke dei næraste åra og båtane vil gjerne vere større enn i dag. Dette aukar faren for negative miljøkonsekvensar som følgje av ulovleg disponering av utrangerte båtar.
Kartlegginga viser at ordninga med å levere inn utrangerte fritidsbåtar til dei kommunale avfallsmottaka er for lite kjend både blant kommunane sjølve og befolkninga. Systemet med kommunal innsamling er likevel positivt ved at det byggjer på eksisterande infrastruktur i kommunane med relativt god tilgjenge og kjent avsendar med omsyn til informasjon osv. Det er truleg eit betydeleg potensial knytt til å utvikle vidare dagens system med kommunal mottaksplikt. Statens forureiningstilsyn vil derfor, i samarbeid med avfallsbransjen, informere kommunane om mottaksansvaret og be dei om å leggje betre til rette for mottak og informere båteigarane om mottakstilbodet.
Ved eit framtidig aukande tal fritidsbåtar som blir kassert, ofte store, vil det kunne bli vanskeleg for kommunane å ta forsvarleg hand om avfallet. Departementet vil difor gi Statens forureiningstilsyn i oppdrag å vurdere ulike alternativ som grunnlag for å vurdere ei heilskapeleg bransjeløysing for utrangerte fritidsbåtar (produsentansvar). Ei eventuell løysing med produsentansvar vil ivareta prinsippet om at forureinar skal betale og bidra til ei meir heilskapleg og effektiv innsamling og behandling av dei kasserte båtane. Ei bransjeløysing vil i tillegg stimulere til å utvikle gjenvinningsløysingar og incentivløysingar, samt design og produktutvikling.
Forbod mot deponering av nedbryteleg avfall
Årleg oppstår om lag 4 mill. tonn nedbryteleg avfall. Av dette blir 1 mill. tonn deponert. Regjeringa varsla i St.meld. nr. 34 (2006-2007) Norsk klimapolitikk at den ville innføre eit forbod mot deponering av nedbryteleg avfall. Forbodet vart fastsett 30. juni 2008 og vil tre i kraft 1. juli 2009. Forbodet inneber at biologisk nedbrytelege fraksjonar som papir, tre, våtorganisk avfall, tekstilar og slam må behandlast på andre måtar enn ved deponering.
Metangassutslepp frå deponi utgjer omtrent 2,2 pst. av klimagassutsleppa i Noreg. Med eit forbod mot deponering av nedbryteleg avfall, er det venta at klimagassutsleppa frå deponi på sikt vil bli reduserte til omtrent ein tredel av nivået i dag. Utsleppa av miljøgifter og næringssalt vil òg bli betydeleg reduserte. Ved å hindre at avfall blir deponert, vil forbodet bidra til auka gjenvinning av avfall. Avfall som elles ville blitt deponert, vil gå til ulike alternative behandlingsformer, som materialgjenvinning, forbrenning med energiutnytting og biologisk behandling.
Når forbodet trer i kraft 1. juli 2009, er det venta at det kan vere mangel på nasjonal behandlingskapasitet. Dette kan føre til noko auka eksport av avfall i ein periode, og at det vil måtte bli gitt einskilde dispensasjonar frå forbodet. Usortert avfall som blir eksportert, blir i hovudsak sendt til energigjenvinning i Sverige. Det blir lagt til grunn at behandlinga i Sverige miljømessig er på same nivå som i Noreg. Det er betydeleg ny behandlingskapasitet under planlegging i Noreg, blant anna som konsekvens av deponiforbodet. Situasjonen vil derfor kunne sjå annleis ut om nokre år. Regjeringa vil likevel følgje med på utviklinga, og vil om nødvendig vurdere ytterlegare tiltak for å auke den nasjonale behandlingskapasiteten.
Avgifter
Sluttbehandlingsavgifta er basert på vurderingar av miljøkostnadene ved deponering og forbrenning av avfall. Deponiforbodet vil medføre endra samansetning av det avfallet som går til deponi. Dermed er det naturleg å gjere ei ny vurdering av miljøkostnadene for eventuelt å endre satsen på deponiavgifta. Utrekningane av miljøkostnader som ligg til grunn for dagens deponiavgift vart utførte midt på 1990-tallet og det er behov for å oppdatere desse. Den nye vurderinga av miljøkostnadene ved deponering vil derfor ta omsyn til både endringar i samansetninga av avfall til deponi og til endringar i verdsetjinga av miljøkonsekvensar. Regjeringa vil i revidert nasjonalbudsjett komme tilbake med ei vurdering av avgifta på deponering av avfall, saman med eit eventuelt forslag til omlegging av avgifta eller avgiftssatsen. Avgift på forbrenning av avfall vart 1. juli 2004 omgjort til ei avgift basert på utslepp av miljøskadelege stoff til luft. Avgifta prisar no miljøkostnadene ved forbrenning av avfall individuelt for alle anlegg.
Miljøavgifta på drikkevareemballasje skal prise kostnader ved at drikkevareemballasje hamnar som søppel i naturen.
Forsøpling
Eingongsgrillar
Bruk av eingongsgrillar utgjer liten helse- og miljøfare, men eingongsgrillane kan utgjere eit forsøplingsproblem. Forsøpling er forbode etter forureiningslova, og det er kommunane sitt ansvar å syte for tilstrekkeleg utplassering og tømming av avfallskonteinarar på utfartsstader. Kommunane har òg ansvar for at det blir rydda opp på slike område. Det ser ut til at kommunane i aukande grad tilpassar seg avfallet frå eingongsgrillane, blant anna ved å setje ut spesialtilpassa avfallskonteinarar på særleg populære utfartsstader, men rydding av eingongsgrillar medfører òg betydelege kostnader for enkelte kommunar.
Miljøverndepartementet har tidlegare vurdert ulike nasjonale verkemiddel som kan redusere forsøplingsproblemet, under dette panteordning, produsentansvar og avgift. Alle desse verkemidla er utfordrande å ta i bruk, både praktisk og administrativt. Eventuelle tiltak mot forsøpling med eingongsgrillar må stå i forhold til omfanget av problemet, og Miljøverndepartementet har til no ikkje sett det som mogleg eller føremålstenleg å innføre nasjonale tiltak.
Forsøplinga med eingongsgrillar avgrensar seg i hovudsak til nokre relativt få kommunar. Det kan derfor vere meir føremålstenleg med lokale enn nasjonale tiltak. Miljøverndepartementet vurderer derfor om det er mogleg å gjere nokre grep på nasjonalt nivå som vil auke det kommunale handlingsrommet i forhold til å få bukt med forsøplinga. Miljøverndepartementet vil gi Statens forureiningstilsyn i oppdrag å vurdere moglege lokale tiltak for å redusere forsøplinga med eingongsgrillar, og korleis staten eventuelt kan bidra til å styrkje kommunanes høve til å gjennomføre slike tiltak. Oppdraget opnar òg for å vurdere tiltak som kan motverke forsøpling generelt.
Farleg avfall
Miljøforvaltningas arbeid på dette området skjer gjennom forvaltning av forureiningslova og avfallsforskriftas kapittel 11 om farleg av fall.
Det fortløpande arbeidet i miljøforvaltninga med regulering og tilsyn med alle som handterer farleg avfall er viktig for å sikre høg grad av innsamling og forsvarleg behandling av farleg avfall. I tillegg medverkar særskilte returordningar til høge tal for gjenvinning, for eksempel for EE-avfall.
Farleg avfall-strategien
Stadig fleire produkt inneheld helse- og miljøfarlege stoff. Det gjer at mengda farleg avfall frå slike produkt aukar. Innsats knytt til å redusere helse- og miljøfarlege stoff i ulike produkt, jf. resultatområde 3, underområde 4, vil ha innverknad på arbeidet med å redusere miljøproblema frå avfall. Kjemikaliepolitikken har som mål å redusere bruk og utslepp av helse- og miljøfarlege kjemikaliar, noko som vil medverke til å redusere mengda farleg avfall som oppstår, såkalla kvalitativ avfallsreduksjon. I tillegg er det behov for at det blir lagt til rette for forsvarleg handtering av farleg avfall frå eit stadig aukande tal produkt. Statens forureiningstilsyn har gjennomført ein farleg avfall-strategi for perioden 2008–2010. SFT vil særleg rette innsatsen mot innsamling av farleg avfall med prioriterte miljøgifter. Dei vil òg auke innsatsen mot ulike fraksjonar farleg avfall med ukjend disponering i større mengder.
Farleg avfall-kampanje
I takt med velstandsutviklinga aukar delen av avfall som inneheld miljøfarlege komponentar. Farleg avfall utgjer derfor eit stadig aukande miljøtrugsmål så lenge det ikkje blir samla inn og behandla forsvarleg. Folks kunnskap om kva som er farleg avfall og kor viktig det er å samle det inn, er ikkje god nok, og det er naudsynt å auke medvitet om den skadeverknaden forbruksprodukt kan ha i miljøet.
Regjeringa har i St.meld.nr.14 (2006-2007) sagt at den vil arbeide for å få samla inn mest mogleg og sikre forsvarleg behandling av det farlege avfallet. Regjeringa har vidare sagt at ho ønskjer utgreidd korleis informasjon om kva som er farleg avfall kan bli gjort betre tilgjengeleg for forbrukarane for såleis å sikre ei effektiv innsamling av desse produkta.
Regjeringa støttar bransjeorganisasjonen Avfall Norges farleg avfall-kampanje 2009 med 2 mill. kroner. Kampanjen har som mål å bidra til å nå desse måla gjennom å gi auka medvit og kunnskap om kva som er farleg avfall for dermed å auke innsamlingsgraden av dette avfallet.
Grensekryssande transport av farleg avfall
Avfallsforskrifta som gjennomfører EF-forordning 1013/2006 i norsk rett, trådde i kraft 1. juli 2008. Forordninga legg stor vekt på kontroll- og tilsynsoppgåver, og stiller klare krav til styresmaktene sitt arbeid for å avdekkje og følgje opp ulovlege transportar. For Statens forureiningstilsyn (SFT) som import-/eksportstyresmakt medfør forordninga merkbart auka ressursinnsats til saksbehandling og kvalitetssikring av meldingane, og auka innsats på tilsyn og kontroll. SFT reknar òg med at det vil vere aktuelt å intensivere samarbeidet med relevante styresmakter noko.
Regjeringa gir derfor SFT heimel i avfallsforskrifta kapittel 13 til å krevje gebyr for saksbehandlinga av førehandsmeldingar og utarbeiding av samtykkje for eksport og import av avfall. Dette er i tråd med dagens politikk om at staten skal ha høve til å dekkje kostnadene sine knytte til saksbehandling, jf. forureiningslova § 52a, og til prinsippet om at forureinar betalar.
Spillolje
Spillolje er rekna som farleg avfall, og det har derfor høg prioritet å syte for innsamling av spillolje til godkjent behandling. Innsamling og gjenvinning av brukt smøreolje (spillolje) blir stimulert gjennom ei avgift på smøreolje med tilhøyrande avgiftsrefusjon ved innlevering av spillolje til godkjent innsamlar. Sjå nærare omtale av refusjonsordninga under kap. 1441 post 76. For nærare omtale av avgifta sjå St.prp. nr. 1 (2007-2008) Skatte, avgifts- og tollvedtak. Innsamlingsgraden for spillolje er på om lag 85 pst. Før etablering av refusjonsordninga var den på om lag 60 pst.
SFT har fått i oppdrag å vurdere ei produsentansvarsordning for spillolje og er i dialog med bransjen når det gjeld utforminga av ei eventuell ordning. Formålet med produsentansvar vil vere å auke innsamlingsgraden for brukt smøreolje og leggje til rette for at spillolje i så stor grad som mogleg blir gjenvunnen eller utnytta til energiformål. Utforminga av ei eventuell produsentansvarsordning vil ta noko tid. Det vil bli lagt vekt på at ei eventuell ny ordning på dette området vil bli utforma i samråd med dei berørte aktørane i næringslivet. I tilknyting til dette oppdraget har SFT òg fått gjennomført ei utgreiing av ulike høve til å leggje avgift på utslepp ved forbrenning av spillolje. I utgreiinga blir det konkludert med at det truleg har avgrensa negative effektar på dei samla CO2- og svovelutsleppa at kjøp av smøreolje og brenning/reraffinering av spillolje ikkje er pålagt CO2- og svovelavgift. Ved ein eventuell overgang til ei produsentansvarsordning, vil det vere naturleg å revurdere dagens avgifts- og refusjonssystem.
9 Resultatområde 4 Eit stabilt klima og rein luft
Resultatområde 4: Eit stabilt klima og rein luft består av fem underområde:
4.1. Klimaendringar
4.2. Nedbryting av ozonlaget
4.3. Langtransporterte luftforureiningar
4.4. Lokal luftkvalitet
4.5. Støy
I 2007 vart det utarbeidd nye nasjonale mål (jf. St.meld. nr. 34 (2006–2007)) og nye arbeidsmål, jf. tabell 9.1. Nokre av desse måla er igjen reviderte som resultat av klimaforliket på Stortinget. Arbeidsmål 1.2 blir ført vidare frå fjorårets budsjett. Dei nye arbeidsmåla er omtalt nærare under statusomtala på underområde 1 Klimaendringar.
Strategiske mål
Konsentrasjonen av klimagassar skal stabiliserast på eit nivå som vil hindre farleg, menneskeskapt påverknad av klimasystemet i tråd med artikkel 2 i Klimakonvensjonen. Den globale temperaturen skal ikkje auke meir enn 2ºC.
Resultatområde 4 – underområde 1 Klimaendringar
Definisjon og avgrensing
Resultatområdet omfattar arbeidet med å redusere utslepp og auke opptak av klimagassar, under dette karbondioksid (CO2), metan (CH4) og lystgass (N2O), og F-gassar (HFK, PFK og SF6). Departementets arbeid med klima- og skog fell òg inn under dette resultatområdet. Resultatområdet omfattar dessutan internasjonalt arbeid, bl.a. oppfølging av Klimakonvensjonen og Kyotoprotokollen.
Tabell 9.1 Mål- og indikatortabell for resultatområde 4 underområde 1 klimaendringar
Nasjonale resultatmål | Miljøforvaltningas arbeidsmål | Miljøforvaltningas resultatindikatorar |
---|---|---|
1. Noreg skal overoppfylle utsleppsforpliktinga si med 10 prosentpoeng til 9 pst. under 1990-nivå. | 1.1. Sjå til at Noreg overoppfyller utsleppsforpliktinga si i 2012 i tråd med målsetjinga, og at Kyotoforpliktinga blir innfridd ved hjelp av betydelege nasjonale utsleppsreduksjonar. 1.2 Medverke til å avgrense og redusere utslepp ved bruk og produksjon av energi i samarbeid med energistyresmaktene. | Nasjonal utsleppsutvikling. Nasjonal utsleppsutvikling. |
Statusbeskriving
Arbeidsmål 1.1. Sjå til at Noreg overoppfyller utsleppsforpliktinga si i 2012 i tråd med målsetjinga, og at Kyotoforpliktinga blir innfridd ved hjelp av betydelege nasjonale utsleppsreduksjonar.
Kyotoprotokollen trådde i kraft 16. februar 2005 etter at Russland hadde gjennomført den avgjerande ratifiseringa. Noreg ratifiserte protokollen i 2002. Dei siste par åra har arbeidet internasjonalt bl.a. vore knytt til å oppfylle forpliktingar under Klimakonvensjonen og praktisk tilrettelegging for iverksetjing av Kyotoprotokollen. Ein har bl.a. fokusert på operasjonalisering av Den grøne utviklingsmekanismen (CDM).
Regjeringa vil at Noreg skal vere ein aktiv deltakar i internasjonalt klimasamarbeid, bl.a. i arbeidet med å utvikle Klimakonvensjonen og Kyotoprotokollen vidare til å bli miljø- og klimaeffektive instrument for å avgrense utsleppa og auke opptaket av klimagassar. Regjeringa vil leggje til rette for at norsk industri og næringsliv skal kunne delta aktivt i internasjonalt klimasamarbeid, bl.a. gjennom bruk av Kyoto-mekanismane.
Noreg har ei folkerettsleg forplikting under Kyotoprotokollen som inneber at Noregs gjennomsnittlege årlege utslepp i perioden 2008–2012 ikkje skal vere høgare enn 1 pst. over 1990-nivået, det vil seie 50,1 mill. tonn CO2-ekvivalentar. Noregs tildelte kvotemengd («assigned amount«) vart fastsett etter at dei utsleppstala Noreg leverte i slutten av 2006 (Norges «initial report«) hadde blitt gjennomgått av eit internasjonalt høyringsteam under Kyotoprotokollen. Teamet gjekk òg gjennom korleis Noregs system for overvaking og rapportering av utslepp av klimagassar er organisert, og Noregs register for klimakvoter. Desse forholda er funne i orden, og Noreg har derfor frå 22. april 2008 hatt høve til å delta i det internasjonale samarbeidet under Kyotomekanismane. Kyotoprotokollen opnar for at partane, som supplement til nasjonale tiltak eller nasjonale reduksjonar, kan bruke Kyoto-mekanismane til å oppfylle utsleppsforpliktinga. Kyoto-mekanismane består av handel med utsleppskvotar, prosjektsamarbeid mellom industriland som har ratifisert protokollen (JI), og prosjektsamarbeid med utviklingsland (CDM). Stortinget har vedteke at Noreg skal overoppfylle utslippsforpliktinga under Kyotoprotokollen med 10 prosentpoeng. Det nye målet inneber at Noregs utslepp, når det er teke omsyn til bruk av dei fleksible mekanismane under Kyotoprotokollen, i gjennomsnitt i perioden 2008–2012 skal vere 9 pst. lågare enn dei var i 1990. Regjeringa legg opp til ei brei tilnærming for å innfri Noregs utsleppsforplikting under Kyotoprotokollen. Regjeringas politikk er at utsleppsforpliktinga skal oppfyllast gjennom ein kombinasjon av nasjonale tiltak og bruk av Kyoto-mekanismane slik protokollen legg opp til, der ein betydeleg del av utsleppsreduksjonane skjer gjennom nasjonale tiltak, jf. St.meld. nr. 34 (2006–2007) Norsk klimapolitikk. Det er etablert eit statleg kjøpsprogram for kjøp av kvotar under Kyoto-mekanismane i Finansdepartementet, jf. St.prp. nr 1. (2008-2009) Statsbudsjettet for 2009.
Arbeidsmål 1.2. Medverke til å avgrense og redusere utslepp ved bruk og produksjon av energi i samarbeid med energistyresmaktene.
Regjeringas visjon er at Noreg skal vere ein miljøvennleg energinasjon og vere verdsleiande innafor utviklinga av miljøvennleg energi. I Soria Moria-erklæringa har regjeringspartia slege fast at energipolitikken skal byggje på at miljømåla vil bestemme produksjonsmoglegheitene, og at det er nødvendig å føre ein aktiv politikk for å avgrense veksten i energibruken. Regjeringa vil auke tilgangen på energi gjennom å satse på nye miljøvennlege energiformer.
Tabell 9.2 Mål- og indikatortabell for resultatområde 4 underområde 1 klimaendringar
Nasjonale resultatmål | Miljøforvaltningas arbeidsmål | Miljøforvaltningas resultatindikatorar |
---|---|---|
2. Noreg skal fram til 2020 ta på seg ei forplikting om å kutte dei globale utsleppa av klimagassar tilsvarande 30 pst. av Noregs utslepp i 1990. Regjeringas klimamelding kan utvidast til 15-17 mill. tonn CO2 ekvivalentar i høve til referansebana slik den er presentert i nasjonalbudsjettet for 2007, når skog er inkludert. Dette inneber i tilfelle at om lag to tredelar av Noregs totale utsleppsreduksjonar blir tekne nasjonalt. | 2.1. Sjå til at utsleppa i Noreg ikkje overstig 35 mill. tonn CO2-ekvivalentar i 2020, inkludert kvotekjøp og opptak i skog, og medverke til at nasjonale utslepp i 2020 er 15–17 mill. tonn lågare enn referansebana slik den er presentert i nasjonalbudsjettet for 2007, når skogkredittar er inkluderte. 2.2. Etablere eit oppfølgingsregime for dei sektorvise og nasjonale måla for utsleppsreduksjonar, under dette fastsetje kontrollstasjonar fram mot 2020. | Nasjonal utsleppsutvikling. Etablert kontrollstasjon. |
Statusbeskriving
Arbeidsmål 2.1. Sjå til at utsleppa i Noreg ikkje overstig 35 mill. tonn CO2-ekvivalentar i 2020, inkludert kvotekjøp og opptak i skog, og medverke til at nasjonale utslepp i 2020 er 15–17 mill. tonn lågare enn referansebana slik den er presentert i nasjonalbudsjettet for 2007, når skogkredittar er inkluderte.
I 2007 var dei samla norske klimagassutsleppa på 55 mill. tonn CO2-ekvivalentar i følgje førebelse tal frå Statistisk sentralbyrå og Statens forureiningstilsyn. Dette er nesten 3 pst. meir enn i 2006. Det er først og fremst utslepp i samband med oppstartsproblema ved StatoilHydros anlegg på Melkøya som er årsak til veksten. I 2007 var petroleum og energi ansvarleg for 30 pst. av dei norske utsleppa, transport 29 pst. og industri for 28 pst.
Som svar på denne utfordringa har regjeringa teke initiativ til ein meir offensiv klimapolitikk. Som EU har vi vedteke ei langsiktig målsetjing om at klimaendringane må avgrensast slik at den globale middeltemperaturen ikkje aukar meir enn 2 °C. Regjeringas klimapolitikk vil gi resultat både i forhold til utsleppsforpliktinga under Kyotoprotokollen og i eit meir langsiktig perspektiv. Regjeringa legg stor vekt på dei sektorovergripande, økonomiske verkemidla, og frå 2008 er over 70 pst. av dei nasjonale klimagassutsleppa regulerte gjennom kvoteplikt eller avgifter som set ein pris på utsleppa.
Klimakvotelova trådde i kraft 1. januar 2005. Verksemdene som hadde kvoteplikt overheldt denne plikta i heile perioden 2005-2007. Styresmaktene fekk god erfaring med dei meir tekniske elementa i kvotesystemet som overvaking, rapportering og kontroll av utslepp, noko som kan gjere ein tryggare på at systemet for 2008-2012 vil verke etter føresetnadene. Endringar i lova trådde i kraft 1. juli 2007, og inneber at kvotesystemet frå 2008 vart utvida slik at omfanget vart tre gonger så stort som tidlegare. Det omfattar blant anna petroleumsverksemda på norsk sokkel i tillegg til landbasert industri og energianlegg over 20 MW. Over 40 pst. av dei norske klimagassutsleppa vil vere kvotepliktige. Regjeringa har vedteke å inkludere produksjon av mineralgjødsel frå 1. juli 2008 og vurderer kvoteplikt for ytterlegare verksemder innafor bl.a. produksjon av aluminium, ferrolegeringar og kjemisk industri. Kvotesystemet vil saman med CO2-avgifta og andre verkemiddel medverke til å redusere utslepp av klimagassar på ein mest mogleg kostnadseffektiv måte.
Partane i EØS vart samde om å innlemme kvotedirektivet i EØS-avtala 26. oktober 2007. Denne avgjerda trådde i kraft 29. desember 2007. Regjeringa sende den nasjonale tildelingsplanen til EFTAs organ for overvaking (ESA) den 28. mars 2008. ESA skal i prinsippet fatte ei avgjerd to månader etter at dei har fått planen, eller så raskt som mogeleg etter det tidspunktet. ESA bad om meir informasjon, som vart gitt i slutten av mai, og den 16. juli 2008 fatta dei sitt vedtak. ESA aksepterer i sitt vedtak av 16. juli i hovudtrekk den norske tildelingsplanen, men krev enkelte justeringar i tildelinga av vederlagsfrie kvoter til verksemder på fastlandet. Dette er ein føresetnad for at ESA skal godkjenne tildelinga, kvotene kan utstedast og det norske kvotesystemet fullt ut kan knytast til det europeiske. ESA har ingen innvendingar mot det miljømessig høge ambisjonsnivået i planen, dvs. at det blir tildelt få kvoter i høve til utsleppa i 2005 og framskrivinga for 2008-2012.
Regjeringa har valt å etterkomme ESAs krav til justeringar. Det må derfor bl.a. bli etablert tildelingsreglar som tek vare på omsynet til dei 12 bedriftene med utsleppsløyve som ikkje hadde utslepp i basisperioden 1998-2001, og som derfor ikkje ville ha rett til vederlagsfrie kvoter i medhald av kvotelova, jf. Ot.prp. nr. 66 (2006-2007) om lov om endring i klimakvoteloven m.m. Justeringane føreset endring av klimakvotelova og klimakvoteforskrifta. Dei nødvendige lov- og forskriftsendringane vil bli fastsette så snart som mogleg.
Den samla kvotemengda vil bli minst 20 pst. lågare enn dei kvotepliktige sine utslepp i 2005 og er vurderte til om lag 14 mill. tonn pr. år. Dei kvotepliktige vil ha høve til å nytte kvoter frå dei prosjektbaserte kyotomekanismane svarande til 13 pst. av utsleppa sine, eller 20 pst. av den samla kvotemengda.
Regjeringa har vedteke å innføre kvoteplikt frå 1. juli 2008 for utslepp frå lystgass frå produksjon av mineralgjødsel. Dette gjeld i praksis Yaras to fabrikkar i Noreg. Denne avgjerda er no til godkjenning i ESA.
Regjeringa har ein tredelt strategi for å nå målsetjingane i klimapolitikken. Ei betre internasjonal klimaavtale er det første og viktigaste elementet i klimapolitikken. Det andre elementet er at Noreg må medverke til utsleppsreduksjonar i utviklingsland og raskt veksande økonomiar som Kina, India mfl. Det tredje elementet er at innsatsen for reduksjon av utslepp i Noreg må intensiverast.
Regjeringa inngikk i februar 2008 eit klimaforlik med opposisjonspartia på Stortinget, unnateke Fremskrittspartiet. Avtala inneber ei sterkare satsing på fleire område, blant anna på fornybar energi, på forsking og teknologiutvikling, og tiltak for å redusere utsleppa frå transportsektoren (inkl. biodrivstoff).
I klimameldinga anslo Regjeringa at det var realistisk å ha eit mål om å redusere utsleppa i Noreg med 13-16 mill. tonn CO2-ekvivalentar i forhold til referansebana slik den er presentert i nasjonalbudsjettet for 2007, når skog er inkludert. Basert på ei skjønnsvurdering meinte partane i klimaforliket at dei nye tiltaka gjer det realistisk å anta ytterlegare utsleppsreduksjonar i Noreg. Partane meinte derfor at intervallet frå Regjeringas klimamelding kunne utvidast til 15–17 mill. tonn CO2-ekvivalentar i høve til referansebana slik den er presentert i nasjonalbudsjettet for 2007, når skog er inkludert. Dette inneber i tilfelle at om lag to tredelar av Noregs totale utsleppsreduksjonar skjer nasjonalt.
Grunna den store uvissa fann partane ikkje grunnlag for å fordele desse reduksjonane på sektorar.
Regjeringa set i verk ei rekkje tiltak som skal setje oss betre i stand til å vurdere om bruken av verkemiddel er stram nok til at vi når dei klimapolitiske målsetjingane våre for nasjonale utslepp. Ei SFT-leia faggruppe skal vurdere behovet for å innføre endra eller nye verkemiddel som skal til for å nå måla om kutt av 15-17 mill. tonn CO2-ekvivalentar i 2020. Faggruppas overordna mandat er å utarbeide naudsynt grunbnlagsmaterial for den vurderinga av klimapolitikken og behov for endra verkemidlar som skal leggjast fram for Stortinget 2010.
Faggruppa skal vurdere i kor stor grad eksisterande verkemidlar bidrar til å nå Noregs mål for nasjonale utsleppskutt og vurdere behovet for nye/endra verkemidlar, knytt til målet om å redusere utsleppa i Noreg i 2020 med 15-17 mill. tonn CO2-ekvivalentar i forhold til referansebanen når skog er inkludert.
Faggruppa skal utarbeide ein verkemiddel- og tiltaksanalyse og gjennomføre ein vurdering av forventa kvotepris i 2012, 2015 og 2020 med utgangspunkt i blant anna analysane som gjeres i forbindelse med perspektivmeldinga. Faggruppa skal vidare gjennomgå utviklinga i mål - og verkemeddelbruk internasjonalt med føremål å vurdere implikasjonane for verkemeddelbruken i Noreg.
Regjeringa vil òg syte for at CO2-verknader av alle større satsingar blir ein del av avgjerdsgrunnlaget i form av eit såkalla klimagassbudsjett, når statsbudsjettet blir lagt fram kvart år. Vidare vil det i budsjettproposisjonen årleg bli rapportert status i forhold til dei sektorvise klimamåla. Klimagassbudsjettet er no under utvikling. Eit endelig opplegg for klimagassbudsjett blir presentert med statsbudsjettet og i nasjonalbudsjettet for 2010. Sjå nærare omtale nedanfor.
Arbeidsmål 2.2. I løpet av 2008 etablere eit oppfølgingsregime for dei sektorvise og nasjonale måla for utsleppsreduksjonar, under dette å fastsetje kontrollstasjonar fram mot 2020.
SFT leiar ei faggruppe som i samarbeid med andre relevante etatar vil utarbeide det faglege grunnlaget for ei vidareutvikling av nasjonal verkemeddelbruk. Ein omforeina rapport basert på faggruppa sitt arbeid skal leggjast fram innan 1. november 2009.
Klimagassbudsjett
Som bestemt i klimaforliket skal det årleg i forbindelse med oppfølgjing av berekrafstrategien, og dei ordinære budsjettfremlegg, leggjast fram ei rapportering/klimagassbudsjett som vurderer konsekvensane for klimagassutslepp og som rapporterer om utsleppsutviklinga og gjennomføringa av klimapolitikken. Eit prøveprosjekt for slik rapportering er blitt gjennomført i samband med budsjettet for 2009. Regjeringa tar sikte på å komme tilbake med eit heilskapeleg opplegg i budsjettproposisjonen for 2010. Klimagassbudsjettet skal altså gi ei oversikt over klimagassutsleppa som følgjer av Regjeringas største satsingar i statsbudsjettet. Bidrar dei ulike satsingane i ei retning som set landet i stand til å innfri klimamåla sine? Effekten av satsingane skal vurderast anten dei gir auka utslepp som for eksempel ved enkelte vegprosjekt, eller dei gir reduserte utslepp som for eksempel satsinga på karbonfangst og -lagring. Klimagassbudsjettet skal òg innehalde tiltak som skatte- og avgiftsendringar og satsingar innan forsking og utvikling.
Systemet med handel med klimakvotar og kvoteprisen er viktige premissar for klimagassbudsjettet. Norske bedrifter med kvoteplikt kan følgjelig velje mellom å kutte eigne utslepp eller kjøpe kvoter.
Regjeringas klimagassbudsjett skal setjast opp årleg. Det skal givast tal både for budsjettåret og for 2020. På den måten vil det bli tydeleg i kva grad den enkelte satsinga bidrar til at Noreg når klimamåla sine, som til dømes det som omtalast i klimameldinga og forliket om at det er realistisk å ha som mål å kutte dei innanlandske klimagassutsleppa med 15-17 mill. tonn i forhold til referansebana i nasjonalbudsjettet for 2007, når skog er inkludert.
Å rekne ut effekten for klimagassutsleppa av ulike satsingar på statsbudsjettet er ei svært utfordrande oppgåve. Det er viktig at det blir brukt ein heilskapleg og gjennomarbeidd metodikk for alle sektorar. Miljøverndepartementet har sett ut eit prosjekt til Statens forureiningstilsyn, som saman med Statistisk sentralbyrå skal anbefale ein metodikk som skal brukast. Regjeringa vil vurdere utforminga av klimagassbudsjettet mellom anna i lys av det arbeidet som utførast av Statens forureiningstilsyn og Statistisk sentralbyrå. Klimagassbudsjettet er ment å vere eit nyttig supplement til den tradisjonelle framstillinga av budsjettet. Det første klimagassbudsjettet sett opp vil etter planen bli presentert i neste års budsjettproposisjon for 2010 frå Miljøverndepartementet og i Nasjonalbudsjettet for 2010.
Det blir som nemnt ikkje presentert eit ferdig klimagassbudsjett i samband med 2009-budsjettet. Nye framskrivingar vil bli lagt fram i Perspektivmeldinga.
Tabell 9.3 Mål- og indikatortabell for resultatområde 4 underområde 1 klimaendringar
Nasjonale resultatmål | Miljøforvaltningas arbeidsmål | Miljøforvaltningas resultatindikatorar |
---|---|---|
3. Som ein del av ei global og ambisiøs klimaavtale der også andre industriland tek på seg store forpliktingar, skal Noreg ha eit forpliktande mål om karbonnøytralitet seinast i 2030. Det inneber at Noreg skal syte for utsleppsreduksjonar tilsvarande norske utslepp i 2030. (Merknad: målet er oppdatert i tråd med klimaforliket i fjor haust) | 3.1. Medverke til at Noreg er karbonnøytralt i 2030, bl.a. ved å delta i kvotehandel og ha ein strategi for korleis Noreg på sikt skal bli eit lågutsleppssamfunn. | Nasjonal utsleppsutvikling. Tilstrekkelig bruk av fleksible mekanismer eller andre slik de måtte vere i 2030. |
Statusbeskriving
Arbeidsmål 3.1. Medverke til at Noreg er karbonnøytralt i 2030 bl.a. ved å delta i kvotehandel og utarbeide ein strategi for korleis Noreg på sikt skal bli eit lågutsleppsamfunn.
Som ein del av ei global og ambisiøs klimaavtale der òg andre industriland tek på seg store plikter, vart partane i klimaforliket samde om at Noreg skal ha eit forpliktande mål om karbonnøytralitet seinast i 2030. Det inneber at Noreg skal syte for utsleppsreduksjonar tilsvarande norske utslepp i 2030.
Partane meinte at det er viktig å få oppslutning om ei rask iverksetjing av klimatiltak. Som del av gjennomføringa av våre plikter etter Kyoto-avtala vil Noreg finansiere utsleppsreduserande tiltak i andre land, i hovudsak i utviklingsland. Partane er samde om at vi vil overoppfylle vår utsleppsforplikting i Kyoto-avtala med 10 prosentpoeng. Dette er midlar som fullt ut går til utsleppsreduserande tiltak i andre land, i hovudsak i utviklingsland. Basert på dagens kvoteprisar representerer dette ei satsing på om lag 5 mrd. kroner over Kyoto-perioden.
Det er eit mål å stimulere andre land til å setje seg høge klimamål. Partane vart samde om at Noreg skal vere ein pådrivar i arbeidet for ei ny og meir ambisiøs internasjonal klimaavtale, med utgangspunkt i målet om at den globale temperaturauken skal haldast under 2°C samanlikna med førindustrielt nivå. Dei rike landa må ta ein vesentleg høgare del av utsleppsreduksjonane, fordi vegen ut av fattigdom for utviklingslanda føreset auka bruk av energi. Noregs truverde som pådrivar er avhengig av at vi reduserer eigne utslepp, bidrar til utvikling av teknologi og til å vise at det er mogleg å kople økonomisk vekst frå vekst i klimagassutsleppa. Noreg må saman med andre rike land ta ei leiarrolle i arbeidet med å utvikle eit godt, klimavennleg samfunn.
Tabell 9.4 Mål- og indikatortabell resultatområde 4 underområde 1 klimaendringar- klima- og skogprosjektet
Nasjonale resultatmål | Miljøforvaltningas arbeidsmål | Miljøforvaltningas resultatindikatorar |
---|---|---|
4. Noreg skal bidra til å avgrense dei globale oppvarmingane til 2ºC relatert til førindustrielt nivå | 4.1. Leie det norske arbeidet med å vidareutvikle Klimakonvensjonen og Kyotoprotokollen til å bli miljø- og kostnadseffektive instrument for å redusere utslepp og auke opptaket av klimagassar. | Status for dei internasjonale forhandlingane og oppfølging av avtalene i dei enkelte landa. Resultat frå forhandlingar om nye forpliktingar etter 2012. Gjelder og arbeidsmål 4.2. |
4.2 Å bidra til at utslepp frå skog blir omfatta av ei ny internasjonal klimaavtale. | Det vert arbeida med indikatorar/metodar. I mellomtida leggjast kvalitative vurderingar av igangsatte tiltak til grunn. | |
4.3 Bidra til kostnadseffektive, tidlege og målbare reduksjonar i utslepp av klimagassar. | Det vert arbeida med indikatorar/metodar. I mellomtiden leggjast kvalitative vurderingar av igangsatte tiltak til grunn. | |
4.4 Å bidra til å ivareta naturskog for å sikre denne skogen si evne til å binde karbon. |
Statusbeskriving
Arbeidsmål 4.1. Leie det norske arbeidet med å vidareutvikle Klimakonvensjonen og Kyotoprotokollen til å bli miljø- og kostnadseffektive instrument for å redusere utslepp og auke opptaket av klimagassar.
Hovedutfallet frå klimatoppmøtet på Bali i desember 2007 er «The Bali action plan» (Baliplanen). Dette er ei avgjerd om ein forhandlingsprosess under Klimakonvensjonen fram mot København i 2009, der siktemålet er å få eit nytt klimaregime på plass som omfattar alle land, under dette USA. Denne prosessen skal gå parallelt med forhandlingane om ein ny forpliktingsperiode for i-landa under Kyotoprotokollen, som òg skal sluttførast i København i 2009. Baliplanen, saman med blant anna prosessen rundt ein ny forpliktingsperiode under Kyotoprotokollen og avgjerder knytte til ulike problemstillingar vedrørande skog, utgjer samla den såkalla «Bali road map» (Bali-vegkartet).
I tillegg til dei ordinære forhandlingsrundane under Konvensjonen, har det vore to ekstraordinære rundar i 2008. Den siste, i Accra/Ghana i slutten av august 2008, var finansiert av Noreg. I 2009 kan det bli behov for eit endå tettare program for å kunne komme fram til løysingar i København.
Det følgjer av Bali-planen at partane skal bli samde om eit langsiktig mål som ramme om forhandlingane. Planen har ei viktig tilvising til FNs klimapanels (IPCC) hovudkonklusjonar om stabiliseringsnivå for klimagassar og behov for globale utsleppsreduksjonar. Bali-planen byggjer på at ei framtidig global avtale skal innehalde fire hovudelement, utsleppsreduksjonar, tilpassing til klimaendringar, teknologiutvikling og -overføring og finansiering. I planens punkt om utsleppsreduksjonar skal plikter som u-landa tek på seg, gjerast moglege og støttast gjennom teknologioverføringar, finansieringsmekanismar og kapasitetsbygging. Det ser ut til å vere semje om at ein ikkje kan vente at dei fattigaste u-landa, blant anna dei små øystatane, kan ta på seg utsleppsplikter i ei ny avtale. Desse landa er òg underlagt særskilt behandling i planens punkt om behov for ressursar til tilpassing til klimaendringane.
Klimaendringane representerer ei utfordring som ikkje berre trugar miljøet, men òg internasjonal fred og tryggleik, velstand og utvikling. Det er heilt avgjerande i forhold til den klimautfordringa vi står overfor at verda kan einast om ei ambisiøs global avtale. Det kan verke uoppnåeleg å unngå at den globale temperaturauken overstig 2ºC. Vi har likevel ikkje noko val i det internasjonale klimaarbeidet dersom vi skal unngå farlege klimaendringar. Sjølv endringar i gjennomsnittstemperatur på nokre få grader får enorme verknader på klimaet. Det norske internasjonale klimaarbeidet har fleire hovudsatsingsområde. Vi skal vere ein aktiv pådrivar for ei ambisiøs global klimaavtale som har som siktemål å unngå ein temperaturauke på meir enn 2°C.
Regjeringa vil i forhandlingane presisere at sjølv ein temperaturauke under 2ºC vil kunne få alvorlege følgjer, spesielt for fattige land med lita evne til å tilpasse seg endringane. Allereie no ser vi alvorlege effektar av klimaendringane. Eit framtidig regime bør byggje på forpliktinga i Klimakonvensjonen om at industriland må gå føre i kampen mot dei negative effektane av klimaendringane. Dei rike landa har eit moralsk ansvar i forhold til å skaffe midlar som sikrar at u-landa i størst mogleg grad vil vere i stand til å tilpasse seg dei klimaendringane som vil komme.
Dei globale menneskeskapte utsleppa av klimagassar har auka med 70 pst. frå 1970 til 2004. Dersom nye tiltak ikkje blir sette i verk vil utsleppa auke med 25 til 90 pst. innan 2030. Er utgangspunktet eit mål på to grader, må veksten i dei globale klimagassutsleppa stansast innan 2015 og reduserast med 50-85 pst. i forhold til utslippsnivået i 1990 fram mot midten av dette hundreåret. I følgje FNs klimapanel må i-landa redusere utsleppa sine med 25-40 pst. allereie i 2020. I tillegg må utsleppa i land i Latin-Amerika, Midtausten og Aust- og Sentral-Asia reduserast betydeleg i forhold til «business as usual»- framskrivingar.
For å sikre ei føreseieleg finansiering av nødvendige klimatiltak har Noreg i forhandlingane foreslått at ein nærare bestemt del FN-kvoter blir auksjonerte internasjonalt. Auksjonering av klimakvoter er relativt enkelt å administrere og vil kunne sikre betydeleg føreseieleg finansiering av nødvendige klimatiltak. Særleg vil dette kunne vere ei viktig finansieringskjelde for tilpassingstiltak til klimaendringar i u-land.
Noreg vil vidare arbeide for ei meir heilskapleg tilnærming til skog og inkludere internasjonal skipsfart i eit framtidig globalt klimaregime. Vi skal trekkje på opparbeidd kompetanse som verdas femte største skipsfartsnasjon og erfaringar frå det norske skoginitiativet der Regjeringa har bestemt å setje av inntil tre mrd. kroner årlig for å hindre avskoging i u-land. Noreg arbeider vidare for å oppnå aksept for og ei raskare utbreiing av teknologi for karbonfangst og lagring. Arktiske strøk er særleg sårbare for klimaendringar fordi temperaturauken i desse områda er det dobbelte av det globale gjennomsnittet og ein ser tidlege effektar av klimaendringane. Polarområde er slik sett både laboratorium og utstillingsvindauge for klimaendringar. Å bruke polarområda til å forske på og overvake klimaendringar og spreie informasjon er derfor ein viktig del av den internasjonale strategien.
Klima- og skogprosjektet
Status og budsjett for 2009
Dersom det ikkje lukkast å avgrense den globale oppvarminga til maksimalt 2°C, vil konsekvensane både for det globale miljøet og berekraftig utvikling vere svært alvorlege og ramme dei fattigaste hardast. Ein viser òg til Utanriksdepartementets budsjettproposisjon.
Situasjonen er alvorleg, og alle tilgjengelege og føremålstenlege verkemiddel må utnyttast. Klimagassutslepp frå avskoging og degradering av skog i utviklingsland utgjer omkring 20 pst. av dei årlege globale utsleppa. Desse utsleppa er ikkje omfatta av Kyoto-protokollen. Ifølgje den mest autoritative studien på området – rapportane frå FNs klimapanel – er reduksjon av utslepp frå avskoging og degradering av skog eit føremålstenleg verkemiddel i innsatsen mot global oppvarming, fordi det er relativt sett kostnadseffektivt og kan gi store og relativt raske utsleppsreduksjonar. Ein rapport Sir Isaac Stern utarbeidde for den britiske regjeringa argumenterer for det same synet.
På denne bakgrunnen kunngjorde statsminister Jens Stoltenberg under klimaforhandlingane på Bali i desember 2007 at Noreg er budd på å trappe opp innsatsen for tiltak mot avskoging og degradering av skog i utviklingsland til om lag 3 mrd. kroner årleg. Det er ein føresetnad for den norske opptrappinga at det blir etablert tilfredsstillande mekanismar, for eksempel i regi av FN eller Verdsbanken som kan handtere store pengeoverføringar på ein trygg måte. Initiativet rettar seg mot all tropisk skog. For å gjennomføre denne politikken vart det nedsett ei prosjektgruppe i Miljøverndepartementet, som i tett samarbeid med Utanriksdepartementet trekkjer på ressursar frå mange delar av statsforvaltninga. Gruppa trekkjer òg på kompetansen frå klima- og skogområdet i frivillige organisasjonar og forskingsmiljø både i inn- og utland. I St. prp. Nr. 59 (2007-2008) Tilleggsløyvingar og omprioriteringar i statsbudsjettet for 2008 vart det løyvd 225 mill. kroner til dette arbeidet, som første trinn i Regjeringas opptrapping mot ein innsats på omlag 3 mrd. kroner årleg.
Breitt internasjonalt samarbeid er viktig for å lukkast i dette arbeidet, og gjennom klima- og skogprosjektet vil Regjeringa i hovudsak søkje å gjennomføre tiltak i samarbeid med andre land og organisasjonar, og søkje å verke som ein katalysator for at andre land og aktørar aukar støtta si. Saman med blant anna Australia var Noreg blant dei første landa til å annonsere eit konkret tiltak, men òg land som Storbritannia og Tyskland satsar no tungt på dette området.
Dei positive konsekvensane av arbeidet mot avskoging og degradering av skog er betydelege: i tillegg til kva det betyr for det globale klimaet, er det mogleg å oppnå betydelege positive effektar innan biodiversitet – regnskogane er blant klodens største skattkammer når det gjeld artsmangfald – og berekraftig utvikling inkludert kamp mot fattigdom og respekt for rettane til urfolk. Tiltak mot avskoging og degradering av skog kan m.a.o. gi ein «trippel gevinst» – for klima, biodiversitet og berekraftig utvikling.
Innsatsen mot avskoging og degradering av skog i utviklingsland inneber betydeleg risiko. Dei attverande store skogområda ligg i nokre av verdas mest utilgjengelege område – mellom anna i Amazonas, Kongo-bassenget og øygruppene i Søraust-Asia. Utfordringane når det gjeld styresett er mange, landa har ofte avgrensa styringskapasitet, faren for korrupsjon er stor, sterke internasjonale krefter er aktivt involverte i avskoging og mange av dei relevante landa er eller har vore i konflikt. Inntektene frå avskoging kan til dels vere betydelege og aukande i ei tid med stadig høgare råvareprisar, mens alternativ bruk av skogen gir avgrensa økonomisk avkastning. Alt dette gjer kampen mot avskoging krevjande. Tålmod, langsiktig tenking og vilje til prøving og feiling er viktige element.
Noregs innsats på dette området er basert på at det å redusere utslepp frå avskoging og degradering av skog er relativt kostnadseffektivt, og at resultat kan oppnåast relativt raskt. Dette må sjåast i eit samanliknande perspektiv. Arbeidet vil ikkje vere enkelt, billig, eller fort gjort. Men det er blant dei betre alternativa som finst for å oppnå raske og kostnadseffektive resultat i kampen mot global oppvarming, og kan slik sett ikkje stå uprøvd.
Fordi arbeidet med klima- og skog i dette omfanget er eit nybrottsarbeid, er omtala av prosjektets mål, den risikoen og dei utfordringane det står overfor, utførleg beskrive i denne proposisjonen. Det same gjeld strategiane som er lagt til grunn i gjennomføringa. Både risikobiletet og strategiane vil vere dynamiske, og Stortinget vil bli oppdatert jamleg om utviklinga av Miljøverndepartementet og Utanriksdepartementet, inkludert rapportering i dei årlege budsjettproposisjonane frå og med St.prp. nr. 1 (2009-2010).
Over Utanriksdepartementets budsjett, kap. 166 Internasjonale miljøprosessar og berekraftig utvikling er det foreslått løyvd 1,5 mrd. kroner til klima- og skogtiltak i 2009. Midlane er avsett på post 73 Klima- og skogsatsinga bortsett frå 25 mill. kroner som blir budsjettert på post 01 Driftsutgifter for å dekkje alle driftskostnader til satsinga, mellom anna lønn, administrasjon og reiseutgifter, samt midlar til utgreiingar, seminar og internasjonale møter. Det er òg foreslått ei tilsegnsfullmakt på 1,5 mrd. kroner knytta til 73-posten.
Det er dermed lagt opp til å oppfylle løfta i klimaforliket allereie frå 2009 med eit aktivitetsnivå på samanlagt 3 mrd. kroner. Midlane i 2009 vil gå til både multilaterale tiltak (ca. 600 mill. kroner) og bilaterale tiltak (ca. 700 mill. kroner). Innsatsen skal òg rettast mot forsking og utvikling, og støtte til frivillige organisasjonar. Vidare skal innsatsen rettast mot utvikling av system og policy for overvaking, analyse, rapportering og verifikasjon (175 mill. kroner).
Dette inneber ei svært betydeleg opptrapping frå beløpet i 2008 som var på 400 mill. kroner, og forslaget følgjer opp nivået som vart fastlagt i klimaforliket. Alle prosjekt skisserte nedanfor oppfyller dei formelle krava for utviklingshjelp (ODA-krava), og løyvingane til Regjeringas klima- og skogprosjekt er dermed rekna inn som del av Noregs offisielle utviklingssamarbeid.
Mål
Å bidra til berekraftig utvikling og kamp mot fattigdom er eit overordna mål for norsk utanriks- og utviklingspolitikk. Berekraftig utvikling er difor ein viktig del av innsatsen mot avskoging og degradering av skog i utviklingsland. Det vil òg bli arbeidd systematisk for at mest mogleg effektive verkemiddel for berekraftig utvikling og kamp mot fattigdom skal inngå som sentrale verkemiddel. I mange tilfelle vil utviklingsretta innsats vere ein heilt sentral føresetnad for å redusere utslepp av klimagassar frå avskoging og degradering av skog. Det er vanskeleg å tenkje seg at dei som bur i og ved skogen på sikt vil la vere å kutte den ned med mindre alternative levevegar – inkludert alternativ bruk av skogen – er meir attraktive. Vice versa vil det vere vanskeleg å oppnå langsiktig utvikling utan at klimautfordringa blir handtert. Dette er i tråd med Regjeringas handlingsplan for miljøretta utviklingssamarbeid.
Den mest sentrale målsetjinga for Regjeringas klimapolitikk er å bidra til å få på plass eit globalt, forpliktande og langsiktig post-2012-regime for reduksjonar av klimagassutslepp som bidreg til at den globale oppvarminga blir avgrensa til 2°C i forhold til førindustrielt nivå. Dette vil vere eit viktig bidrag til berekraftig utvikling, og også klima- og skogprosjektet skal i størst mogleg grad byggje opp under og støtte arbeidet for å nå denne målsetjinga. Satsinga skal innrettast slik at den gir incentiv til utviklingsland for å slutte seg til eit globalt klimaregime etter 2012. Det er viktig å understreke at arbeidet for å redusere utslepp frå avskoging og degradering av skog i utviklingsland kjem i tillegg til, og ikkje på nokon måte til erstatning for, innsatsen for å redusere utslepp i dei økonomisk meir utvikla delane av verda.
Grunngivinga for innsatsen mot avskoging og degradering av skog i utviklingsland er å bidra substansielt til kampen mot global oppvarming. Klimamåla – som er skisserte under arbeidsmål 4.2, 4.3 og 4.4 – vil derfor vere avgjerande for vedtak om igangsetjing, vidareføring, avslutning eller endring av støtte.
Statusbeskriving
Arbeidsmål 4.2. Å bidra til at utslepp frå skog inngår i ein ny internasjonal klimaavtale
Ein heilt sentral føresetnad for å oppnå varige og signifikante reduksjonar i klimagassutslepp frå avskoging og degradering av skog, er å syte for at avgrensingar av utslepp frå desse kjeldene inngår i ei ny global klimaavtale. Å bidra til dette er derfor et svært viktig mål i arbeidet. Dette kan bli oppnådd gjennom:
Å gi utviklingsland tillit til at dersom dei godtek at utslepp frå avskoging og degradering av skog blir del av eit nytt globalt klimaregime, så vil dei ikkje bli sitjande med rekninga for dette åleine. Brei, systematisk og langsiktig støtte til arbeidet deira blir dermed av grunnleggjande betydning.
Å vise at det er realistisk å få på plass program som reduserer utslepp frå avskoging og degradering av skog, til ein akseptabel kostnad. Dette både for å skape tillit i skoglanda til at innsats mot avskoging og degradering av skog er rekningssvarande og føremålstenleg, og for å skape tillit blant partane som forhandlar om eit nytt globalt klimaregime til at reduksjonar i utslepp frå avskoging og degradering av skog er realistisk.
Å få på plass ein overvakings-, analyse- og verifiseringskapasitet som vil gjere eit slikt regime globalt truverdig. Skal arbeidet mot utslepp frå avskoging og degradering av skog kunne oppnå brei internasjonal tillit, er evne til overvaking og analyse av skogarealene av avgjerande betydning, både for å kunne gjennomføre ein aktiv skogpolitikk og for å kunne verdsetje (endringar i) skogressursene på ein føremålstenleg måte. Innan det 15. partsmøtet under Klimakonvensjonen i København i desember 2009, er det viktig at eksempel på eit internasjonalt truverdig system for måling av klimagassutslepp frå avskoging og degradering av skog er etablert.
Miljøverndepartementet og Utanriksdepartementet arbeider aktivt på alle desse områda. Det vil vere viktig å kunne bidra med innspel til forhandlingane som klart fører desse framover. Dette både når det gjeld dei tekniske spørsmåla knytte til overvaking, analyse og verifisering, og dei politiske forholda knytte til tillit når det gjeld byrdefordeling og truverde.
Arbeidsmål 4.3. Å bidra til kostnadseffektive, tidlege og målbare reduksjonar i utslepp av klimagassar
Å bidra til kostnadseffektive, tidlege og målbare reduksjonar i utslepp av klimagassar, er eit sentralt mål. Det er likevel – som følgje av utfordringar knytte til at reduserte utslepp ein stad lett kan gi auka utslepp ein annan stad (såkalt «lekkasje«) – ikkje enkelt å måle desse reduksjonane. Før skog blir del av eit globalt framtidig klimaregime, er det ikkje mogleg å handtere lekkasjeproblematikken fullt ut.
For å minimalisere lekkasjeproblemet, der det på kort sikt er praktisk mogleg, har Miljøverndepartementet som hovudregel valt å gå inn med støtte på landnivå, og å fastsetje støtte som ein funksjon av utsleppsreduksjonar relativt til eit på førehand fastlagt referansenivå. Sjølv med ei slik tilnærming vil det – grunna metodiske utfordringar – måtte nyttast anslag, noko som igjen vil innebere ein viss risiko. For å redusere denne risikoen vil det systematisk bli arbeidd for å betre metodikk og rammeverk på området.
I mange av dei relevante landa er det svært avgrensa kapasitet til å setje i gang arbeidet mot avskoging. Dette gjeld både med omsyn til nasjonal planlegging, kapasitet til overvaking og analyse av skogområde, lovverk, evne til handheving med meir. I dei innleiande fasane, som vil måtte strekkje seg over noko tid, vil det derfor ofte måtte fokuserast på kapasitetsbygging, og først etter ein periode vil ein kunne vente resultat i form av utsleppsreduksjonar. I den innleiande perioden vil framdrift måtte målast opp mot milepælar for sjølve kapasitetsbygginga.
Arbeidsmål 4.4 – Å bidra til å ivareta naturskog for å sikre denne skogen si evne til å binde karbon
Naturskog og det biologiske mangfaldet desse representerar er viktig både med omsyn til evna til å binde karbon og når det gjeld mangfoldet av artar og genressursar. I Kongo-bassenget finst for eksempel over 10 000 plantearter, over 1 000 fuglearter og over 400 pattedyrarter. På enkelte tropiske øysamfunn – som for eksempel Papua Ny Guinea – er det store førekomstar av arter som ikkje finst nokon annan stad. Verdien av dette mangfaldet kan ikkje talfestast, og menneska har berre så vidt begynt å skrape i overflata når det gjeld forståinga av å halde oppe biologisk mangfald. Potensialet for eksempel for medisinsk forsking er svært betydeleg.
Å ta vare på dette mangfaldet er derfor naturleg og viktig. På den eine sida vil slik bevaring følgje nærmast automatisk av ein meir berekraftig forvaltning av skog. Det kan likevel òg tenkjast situasjonar der ein i valet mellom to elles like satsingsområde, let høvet til å bevare og fremje biologisk mangfald vere den avgjerande faktoren.
Fattige kvinner i utviklingsland er særleg hardt ramma av klimaendringar. I Afrika står kvinner for 70-80 pst. av matproduksjonen, og kvinner og jenter har ansvar for å hente vatn og ved til hushaldet. Dei manglar i stor grad tilgang til kapital, gjødsel og såkorn av god kvalitet som kan medverke til å få opp produktiviteten. Desse kvinnene er ikkje blant dei som tenar på avskoging. Tvert om vil dei bli hardt ramma av dei negative konsekvensane i form av svekt tilgang på brensel, degradering av jordkvalitet og auka risiko for tørke. Kvinner har fleire stader gått i spissen for aksjonar for bevaring eller nyplanting av skogen. Dei mest kjende kampanjane er Chipco-rørsla i India der kvinner mobiliserte som levande skjold for trea mot nedhogging, og Green Belt-rørsla i Kenya under leiing av fredsprisvinnar Wanghari Mathai. Agenda 21 frå Rio-konferansen om berekraftig miljø og utvikling i 1992 og handlingsplanen frå FNs 4. kvinnekonferanse i Beijing i 1995 forpliktar Noreg og partnarlanda til å anerkjenne og styrkje kvinner si medverking til forvalting av miljøet.
Risiko og utfordringar
Dette underkapitlet skisserer risiko og utfordringar i innsatsen mot avskoging og degradering av skog i utviklingsland. Neste underkapittel beskriv departementets strategiar for å handtere dei.
Skogens verdi
Den grunnleggjande utfordringa i avskoging og degradering av skog, er at det gjennomgåande er meir innbringande å hogge skogen ned enn å la den stå. I den forstand at vi no veit at karbonutslepp burde vere svært høgt prissett, kan dette sjåast på som ei form for marknadssvikt. Skogen er ikkje tillagt den verdien den burde ha, gitt verdien for det globale samfunnet av den lagringa av karbon som skjer der og den klimareguleringa dette gir. I lys av dette blir arbeidet med å hindre avskoging og degradering av skog eit godt eksempel på betaling eller kompensasjon for grunnleggjande økosystemtenester.
Denne utfordringa kan berre løysast gjennom ei internasjonal avtale med innebygde mekanismar som syter for at skogen blir verdsett i samsvar med dei tenestene den utfører som globalt karbonlager. I mellomtida må interimsløysingar på plass for å gi dei som bestemmer over skogen si framtid incentiv til å bevare den heller enn å kutte den ned. Dei totale kostnadene ved dette er betydelege, dersom skogen sin alternative verdi for eksempel som tømmer eller bruk av arealet til annan råvareproduksjon blir teken med i reknestykket.
Anslaga over kva det vil koste å prise all skog slik at det blir meir lønnsamt å ta vare på den enn å avskoge/utarme, varierer: Stern har anslått årlege beløp til 15 mrd. USD, IPCC så høgt som 115 mrd. USD. Tala er uansett så høge at det vil vere svært krevjande å mobilisere tilstrekkelege ressursar berre på gåvevilkår à la Regjeringas klima- og skogprosjekt, sjølv om fondsliknande løysingar truleg vil vere del også av ei meir langsiktig løysing. Desto viktigare er det at forhandlingane fram mot klimatoppmøtet i København lukkast med å få på plass eit internasjonalt post-2012-regime som inkluderer skog, der finansieringsordningar for og dermed òg prissetjing av skogen inngår som integrerte premissar. Den norske støtta er først og fremst nyttig gjennom å bidra til å skape rammevilkår som gjer dette mogleg. Både gjennom tillitsbygging og ved utbygging av overvakningssystem og pilotprosjekt som viser at truverdig kamp mot utslepp frå avskoging og degradering av skog faktisk er mogleg.
Generelle risiko og utfordringar
Dei mest sentrale teknologiske og politiske risikoane knytte til arbeidet mot avskoging er som følgjer:
Måling av karbonreservar i skog og endringar i desse er ein føresetnad for eit vellukka arbeid mot avskoging og degradering av skog. Dersom kapasiteten til å utføre denne oppgåva ikkje er god nok, eller ikkje er tilstrekkeleg standardisert frå land til land, vil systemet stå overfor ein betydelig risiko. Det er viktig å ha oversikt over i kor stor grad arbeidet mot avskoging og degradering av skog lukkast, både med omsyn til kompensasjon for bevaringsarbeid, og når det gjeld å gi dette arbeidet internasjonalt truverde. Uvissa er knytt både til evna til å måle areal som faktisk er dekt av skog, og karbontettleiken i den skogen ein har. Kjennskapen til ressursane som blir diskuterte, og endringane av desse, er med andre ord avgrensa, og må betrast radikalt.
Etablering av referansenivå for framtidige utslepp er nødvendig for å kunne vurdere om ein oppnår reduksjonar i høve til eit på førehand etablert framtidsscenario. Å fastleggje kva som er eit rimeleg scenario er ikkje enkelt. Prinsipielt sett er det to hovudtilnærmingar: eit historisk referansenivå som legg til grunn at gjennomsnittsraten for avskoging/degradering av skog frå tidlegare år blir ført vidare, og så vurderer utviklinga relativt til dette; og ei tilnærming der den historiske raten – i den grad den er kjent – blir nytta som utgangspunkt, men blir justert for endringar i rammevilkår, f. eks. auka matvareprisar, betra infrastruktur, endring i sosiopolitiske rammevilkår eller liknande. For landa som skal kompenserast for reduksjonane, vil det sjølvsagt vere ein fordel å leggje referansenivået høgast mogleg, slik at den støtta dei kan gjere krav på blir høgast mogleg for kvart reduksjonsnivå. Eit tilleggsproblem på dette punktet er risikoen for skeive incentiv – dersom historiske ratar blir lagt til grunn, endar verdssamfunnet opp med å premiere land som har avskoga mykje, mens dei som har teke betre vare på skogen blir straffa relativt sett. Dette kan føre til at avskoging blir intensivert i håp om seinare kompensasjon for å redusere avskoginga igjen. Det stiller krav om betydeleg innsats for å utforme ein best mogleg incentivstruktur på dette punktet.
Lekkasje – at redusert avskoging ein stad fører til auka avskoging ein annan stad – vil utgjere ein betydeleg risiko for høvet til å oppnå reelle resultat. På globalt nivå kan denne problematikken best handterast gjennom at avskoging og degradering av skog blir innlemma i eit heilskapleg, globalt post-2012-klimaregime. Risikoen kan likevel handterast på nasjonalt nivå gjennom å satse på nasjonale program, der kompensasjon blir avhengig av nettoresultat på landnivå. I og med at store delar av den attverande tropiske skogen i verda er lokalisert til relativt få land, vil ein kunne komme eit godt stykkje med denne tilnærminga.
Varigheit, dvs. å sikre at oppnådde resultat ikkje blir av berre mellombels karakter, er òg ei betydeleg utfordring. Dei kreftene som har interesse av å avskoge og/eller utarme skogen, forsvinn ikkje. Det vil derfor alltid vere ein risiko for at utsleppsreduksjonar eit år vil bli oppheva av auke det neste. Nasjonale program er viktige for å få bukt med også dette problemet, men full kontroll er neppe mogleg før økonomiske incentiv gjer det ulønnsamt å avskoge eller overutnytte skogen. Samtidig er det viktig å sjå skogtiltak i samanheng med landa sine overordna nasjonale strategiar for berekraftig utvikling og kamp mot fattigdom.
Det er ein realitet at avskogingsratane varierer i takt med eksternt gitte økonomiske rammevilkår. Det er gode grunnar til å tru at økonomisk vekst på verdsbasis, kombinert med auke i folketalet, auka etterspørsel etter mat og dermed aukande matvareprisar, og etterspørselen etter areal til produksjon av alternativ energi (bioenergi, landbasert vindkraft, solkraft m. m.), vil føre til at dei økonomiske incentiva for å hogge ned skog vil auke. Dette til trass for at det er fullt mogleg å dekkje i alle fall delar av behova ved å bruke landområde som i dag ligg brakk, og å utnytte produktivt land meir effektivt. Dette er forhold som ligg utanfor departementets kontroll, og som – igjen – til sjuande og sist berre kan handterast ved å setje ein verdi på skogen som reflekterer den verdien den faktisk har for det globale klimaet. I tillegg kjem naturlege utfordringar som for eksempel skogbrann, som har eit betydeleg omfang og ytterlegare aukar uvissa.
Situasjonsbestemte risikoar og utfordringar
I tillegg til dei generelle risikoane og utfordringane, vil dei lokale tilhøva i kvart enkelt samarbeidsland variere, og by på eigne utfordringar og risikoar. Dei fleste landa som har mykje tropisk skog slit med styringsutfordringar som òg vil gjere arbeidet mot avskoging og degradering av skog vanskelegare. Betydinga og den interne vektinga av utfordringar og risikoar vil variere, men dei fleste av dei som står under går igjen i større eller mindre grad i dei landa det vil bli samarbeidd med, bilateralt eller gjennom multilaterale kanalar:
Nasjonalt eigarskap til innsatsen mot avskoging og degradering av skog er viktig for at den skal lukkast. Kapasiteten i offentleg administrasjon i dei relevante landa er av høgst varierande kvalitet. Dette går på alt frå evne til å utforme, koordinere og implementere politikken på strategisk nivå i regjeringsapparatet, til å syte for at den blir følgt opp på lokalt nivå.
Motkreftene til arbeidet mot avskoging og degradering av skog er mange. I enkelte av dei relevante landa er dei òg mektige. Mange menneske og selskap har betydelege økonomiske interesser knytte til å føre vidare avskoginga, og desse har òg til dels betydeleg politisk innverknad. Muting av politikarar i byte mot konsesjonar for å drive industriell hogst er eit utstrekt problem i enkelte område.
Lovverk knytt til eigedomsforhold og råderett over skogen er i mange tropiske skogland relativt dårleg utvikla. Dette er ei utfordring både med omsyn til kampen mot ulovleg hogst, med omsyn til sjølvtekt på allmenn grunn – som er ei vanleg årsak til degradering av skog, og med omsyn til å skape incentivstrukturar for dei som eig skogen til å bevare den. Handhevinga av lovverket er mange stader svært mangelfull, i verste fall fråverande.
Fattigdom er relevant for problematikken rundt avskoging og degradering av skog, i den forstand at dei som bur i og rundt skogen, og ofte er avhengig av den for å overleve, tek dei vala dei må for å skape ein best mogleg kvardag for seg og sine. Så lenge det som gir størst økonomisk gevinst – eller som er nødvendig for å overleve – fører til avskoging og degradering av skog, vil dei menneska som bur der ta vala sine deretter. Ei fundamental utfordring i arbeidet mot avskoging og degradering av skog er derfor å leggje til rette for alternative levevegar for lokalbefolkninga, og å auke dei økonomiske incentiva for å bevare skogen.
Korrupsjon er rota til delar av den ulovlege avskoginga, og vil i tillegg gjere implementering av programma vanskelegare. Behovet for å unngå korrupsjon er eit sentralt argument for å kanalisere norske midlar hovudsakleg gjennom multilaterale kanalar.
Det at vi er i forkant av utviklinga på dette området, og i mange tilfelle etablerer verksemd på tilnærma nye område, bidrar òg til auka risiko. Våre bidrag vil likevel også i slike tilfelle ha ein verdi gjennom å gi lærdom for oss sjølve og andre i det som vil måtte bli ei langvarig og tålmodskrevjande oppgåve. Det har stor betydning at enkeltaktørar vågar å vise veg, også på område som er vanskelege og der risikoane er store.
Strategi for klima og skogsatsingar
Dei risikoane og utfordringane som er nemnde ovanfor kan ikkje eliminerast, og vi må rekne med ein viss del mindre vellykka aktivitetar. Gjennom ei systematisk strategisk tilnærming kan omfanget av desse reduserast, og korrigerande tiltak setjast i verk dersom innsatsen ikkje har ønska effekt. Hovudelementa i strategien er som følgjer:
Det må etablerast ei truverdig evne til overvaking, analyse og verifisering av skogareal og karboninnhaldet i skog, og endringar i dette, og etter kvart tilhøyrande regelverk gjennom klimaforhandlingane. Dette for å sikre reell kontroll med utviklinga og kva resultat som blir oppnådd. Denne kapasiteten må etablerast både på landnivå i dei landa vi vel å samarbeide med, og på internasjonalt nivå. Det enkelte skogland må etablere kapasitet og kompetanse til å overvake utbreiinga av og kvaliteten på skogane sine, og framskaffe god kunnskap om karbonvolum i ulike typar skog og arealbrukskategoriar. Det må etablerast klare kvalitetskrav og kriterium for utforminga av overvakingssystem. Prinsippa fastlagt av FNs klimapanel IPCC og gjennom klimaforhandlingane under FNs klimakonvensjon UNFCCC må leggjast til grunn. I forkant av etableringa av eit post-2012-regime som omfattar skog bør det etablerast ein internasjonal koordinerings- og kvalitetssikringsfunksjon, helst innafor FN-systemet. Det må etablerast regelverk for og kapasitet til truverdig og uavhengig verifisering av rapporterte resultat.
Det må etablerast ein robust, effektiv og fleksibel internasjonal arkitektur for arbeidet mot avskoging og degradering av skog, og Noreg må kanalisere sin støtte gjennom denne i dei landa som byr på dei største utfordringane. Noreg har verken kapasitet eller kompetanse til på eiga hand å handtere så pass krevjande og omfattande oppgåver i det som for ein stor del er land vi har lita erfaring i å samarbeide med. Dette ville heller ikkje ha vore føremålstenleg. Relevante FN-organ som miljøprogrammet (UNEP), utviklingsprogrammet (UNDP) og FNs organisasjon for ernæring og landbruk (FAO) vil måtte spele ei sentral rolle her, det same vil Verdsbanken og dei regionale utviklingsbankane. Desse må igjen halde tett kontakt med FNs klimasekretariat (UNFCCC). Koordinering og samarbeid mellom desse både på globalt og nasjonalt nivå vil vere viktig, og er noko det vil bli lagt stor vekt på.
Det må etablerast ein portefølje av prosjekt, med variasjonar i vanskegrad, risiko, geografiske forhold, skogtype og samarbeidspartnarar. Felles for dei landa det blir satsa på, må vere ein uttalt og etter kvart demonstrert politisk vilje til å arbeide systematisk mot avskoging og degradering av skog, under dette å utvikle og følgje opp nasjonale strategiar. Desse må rette seg mot dei viktigaste utfordringane knytte til avskoging og degradering av skog, under dette dei utfordringane og risikoane som er omtalte under avsnittet Generelle risikoar og utfordringar og avsnittet Situasjonsbestemte risikoar og utfordringar. Sjå òg punktet Sentrale element i mottakarlandas nasjonale strategiar mot klimagassutslepp frå avskoging og degradering av skog nedanfor. Det må òg etablerast føremålstenlege mekanismar for oppfølging og kvalitetssikring av resultata i det enkelte prosjektet.
I dei landa der arbeidet har komme lengst og truverdet er størst, kan innsatsen trappast opp relativt raskt. I land som byr på større utfordringar legg ein til grunn ei gradvis tilnærming, med føresetnad om oppnådde resultat innafor kvar fase før det blir fatta vedtak om vidareføring og eventuelt auka støtteomfang.
Der kapasitet til å gjennomføre systematisk arbeid mot avskoging og degradering av skog er låg, må kapasitetsbygging i mottakarlandet ha prioritet i dei innleiande fasane. Dette gjeld blant anna innafor overvaking, analyse og verifisering av skogareal og karboninnhald i skog, innafor policyutvikling og lovgiving, og evne til å sikre at lovverk blir overhalde. Kapasitetsbygging må òg gjennomførast internasjonalt. Innsatsen mot avskoging og degradering av skog i eit klimaperspektiv er eit relativt nytt felt, og ressursar må tilførast eigna internasjonale institusjonar, først og fremst innafor FN-systemet, for å sikre at dei har den nødvendige kapasiteten til å møte utfordringane globalt.
Norske og internasjonale frivillige organisasjonar (NGOar) har arbeidd med skogspørsmål i lang tid, og sit på betydeleg kompetanse og kapasitet på området. Eit tett samarbeid med desse vil derfor vere ein føresetnad for å maksimere sjansane for å lukkast, og det vil bli lagt stor vekt på eit systematisk samarbeid med desse. Det same gjeld relevante forskings- og kompetansemiljøer nasjonalt og internasjonalt.
Støtta til arbeid mot avskoging og degradering av skog må vere resultatbasert. Dette inneber at det snarast mogleg må utviklast truverdige referansenivå for framtidige utslepp, og at utbetalingar skal gjerast avhengige av og dimensjonerast i høve til oppnådde reduksjonar i forhold til desse. I ein innleiande fase vil det i mange tilfelle vere nødvendig med utstrekt kapasitetsbygging før det kan ventast reduksjonar. I denne perioden skal mottakarlanda målast på framdrift i denne kapasitetsbygginga, jf. òg arbeidsmål 4.3. For samarbeidsland som ikkje leverer bør støtta reduserast og – dersom framdrift og politisk vilje ikkje er demonstrert innan rimelig tid – bortfalle heilt.
Det må arbeidast for at norsk innsats blir ein katalysator for bidrag frå andre land. Utfordringane knytte til klimagassutslepp frå avskoging og degradering av skog er så store at ein berre kan oppnå reelle resultat dersom fleire rike land stiller store ressursar til disposisjon. Å bidra til å fremje ei slik utvikling vil minske risikoen betydeleg for at arbeidet mislukkast.
Det vil bli gjennomført systematisk evaluering av alle prosjekt og program, både med tanke på vidare støtte, og med tanke på systematisk læringsoverføring.
Som understreka i innleiinga vil det vere svært krevjande å lukkast med innsatsen mot avskoging og degradering av skog. Tålmod og langsiktig tenking vil derfor vere viktige faktorar i arbeidet. På kort sikt vil det å redusere takten i avskoginga, og i nokre tilfelle hindre at avskogingsraten aukar, vere ein prestasjon i seg sjølv.
Samtidig må dei langsiktige perspektiva våre ikkje bli ei sovepute. Vi må stille krav til samarbeidsland om nasjonal innsats, og vi må måle resultat på nasjonalt nivå. Norsk innsats må prioriterast mot land der arbeidet mot avskoging og degradering av skog blir teke på alvor. Utan eit slikt nasjonalt eigarskap vil internasjonal støtte – uavhengig av omfang – ikkje kunne verke etter formålet.
Sentrale element i mottakarlandas nasjonale strategiar mot klimagassutslepp frå avskoging og degradering av skog
Korleis nasjonale strategiar mot avskoging og degradering av skog best kan utformast og kva dei bør fokusere på, vil variere frå land til land avhengig av kva som er dei største og mest sentrale drivkreftene bak avskoginga. Forskjellane her er betydelege, og det vil derfor vere viktig å unngå rigide og standardiserte løysingar. Strategiane må vere genuint nasjonale, og dei nasjonale styresmaktene må utvikle dei og ta eigarskap til dei. Det internasjonale samfunnet kan bidra, men utan nasjonalt eigarskap vil innsatsen ikkje kunne lykkast.
I dei aller fleste tilfella vil tre hovudelement utgjere kjernen i arbeidet:
Ei koordinerande nasjonal eining, helst på regjeringsnivå, som styrer arbeidet i det aktuelle skoglandet, utviklar strategiar, leiar implementeringa og utgjer hovudgrensesnittet mot den internasjonale støtta.
Eitt internasjonalt program pr. land for å støtte den nasjonale eininga, støtte av den internasjonale organisasjonen som er best eigna til dette, og som mottakarlandet prioriterer. Programmet vil utgjere ei koordinerande eining. Andre organisasjonar, gjevarland, frivillige organisasjonar o.l. vil så bidra i høve til sine komparative fortrinn. Poenget er å sikre ein koordinert internasjonal innsats, samtidig som det blir trekt på heilskapen i den internasjonale kompetansen og kapasiteten i arbeidet. Ikkje minst NGOane si rolle vil stå sentralt her.
Ein internasjonal støttestruktur, der blant anna organisasjonen som har rollen som standardsetjar og kvalitetssikrar med omsyn til overvaking, rapportering og analyse inngår. Støttestrukturen vil i tillegg kunne omfatte forhold som kunnskapshandtering, systematisering av formidling av velutprøvd metodikk som har fungert i praksis, opplæringsfunksjonar m.m.
Innafor ramma av denne arkitekturen kan så dei nasjonale strategiane utformast. For nokre land er eitt eller fleire viktige element allereie på plass, for andre ingen. Strategiane og fokus for implementeringa må variere deretter. Elementa beskrivne nedanfor vil likevel måtte vere dekt dersom kampen mot klimagassutslepp frå avskoging og degradering av skog skal lykkast.
Kapasitet for måling og overvaking av avskoging, degradering av skog og karboninnhald i skog, og mekanismar for uavhengig verifikasjon må på plass, sjå òg punktet Generelle risikoar og utfordringar ovanfor. Slik kapasitet er viktig for truverdet i arbeidet, og må derfor utgjere ein hovudpillar i alle nasjonale strategiar.
For å kunne setje i verk mest mogleg effektive tiltak er det viktig å ha eit godt grep om drivkreftene bak avskoging og degradering av skog i det aktuelle landet. Dette varierer betydeleg mellom land og verdsdelar.
Dei komplekse drivkreftene bak avskoging kan for illustrasjonsformål delast inn i to hovudkategoriar – den som blir gjennomført for økonomisk vinning i industriell skala, og den som blir utført av lokalbefolkning som nyttar skogen for sitt daglege livsopphald. I førstnemnde kategori finst mellom anna hogst for å dekkje internasjonal etterspørsel etter tømmer og jordbruksprodukt, olje eller mineral. Bak slik verksemd står ofte store tømmerselskap og plantasjeeigarar som driv plukkhogst etter det mest verdifulle tømmeret, eller flatehogst for etablering av plantasjar for soya, palmeolje eller hurtigveksande treslag. Store inntekter, internasjonale eigarstrukturar som er vanskelege å etterspore, korrupsjon på ulike forvaltningsnivå og politisk nivå og manglande handheving av lovverk og konsesjonsvilkår kompliserer biletet endå meir.
I den andre kategorien finst blant anna småbønder eller urfolk som svir av og dyrkar opp små flater for å drive rotasjonsjordbruk. Volumet for den enkelte bonden er sjeldan spesielt stort, men i og med at det bur så pass mange menneske i og ved skogen – over 20 millionar når det gjeld Amazonas – blir den totale belastninga på skogen like fullt betydeleg.
Den nasjonale tiltaksporteføljen må byggjast opp basert på ei grundig forståing av dei faktiske drivkreftene og vilje til å ta tak i dei viktigaste sektorane og aktørane. Arbeidet med denne og den påfølgjande implementeringa bør helst leiast av ei politisk tung eining på regjeringsnivå, og det må utviklast nasjonal strategisk og administrativ kapasitet både på sentralt og lokalt nivå. Alle som kan ha innverknad på avskoging så vel som vern og meir forsvarleg forvaltning av resterande skog må involverast, frå tømmerselskap og plantasjeeigarar til småbønder og urfolk.
Strategien bør byggje på og vidareutvikle eksisterande lovverk, og baserast på eksisterande internasjonale forpliktingar, med omsyn til naturvern, skogbruk, jordbruk, arealforvaltning og eigedoms- og bruksrettar til skog. Strategien bør referere til og vere koordinert med utviklingsplanar for desse sektorane, så vel som rettane og rolla til urfolk og lokalsamfunn i ei meir forsvarleg skogforvaltning, og makroøkonomiske drivkrefter bak avskoging og degradering av skog.
Den bør identifisere dei mest kostnadseffektive, og politisk, institusjonelt og sosialt akseptable tiltaka i dei ulike sektorane. Vidare bør den identifisere behov for reformer i lovverk og handheving i forhold til ulovleg og lite berekraftig hogst, og eigedoms- og bruksrettar til skog, for å sikre varige reduksjonar i utslepp. Strategien bør klargjere institusjonelle ansvarsforhold for dei ulike tiltaka, og eigarskap og fordeling av kredittar, inntekter eller fordelar frå utsleppsreduksjonar.
Robuste system for betaling for økosystemtenester er av stor betydning for å anerkjenne og lønne forsvarleg skogforvaltning. Dette er nøkkelen til rask endring av åtferd, kompensasjon for ulemper som redusert tilgang til skog, og legitimering av skogbevaring som klimatiltak. Det er svært krevjande å syte for at pengestraumane faktisk når aktørane på grasrota, og pilotprosjekt må gjennomførast for å søkje alternative måtar å oppnå dette på.
Aktivitetar i 2009
Strategien for arbeidet, beskriven under punktet Strategi for klima og skogsatsingar ovanfor, blir følgt opp gjennom porteføljen for 2008 og 2009. Overvaking og analyse av karbonreservar i skog og endringar i desse blir sett i høgsetet. Det blir prioritert å få på plass ein multilateral arkitektur for arbeidet. Multilaterale kanalar for norsk innsats er etablerte og vil bli vidareutvikla. Ressursinnsatsen varierer betydeleg frå prosjekt til prosjekt, avhengig av kor langt oppbygginga av kapasitet har komme. Der kapasitetsbygging er nødvendig, blir dette arbeidet prioritert. Mekanismar for å gjere norsk ressurstilførsel resultatbasert er òg under utvikling.
Alle prosjekt skissert nedanfor oppfyller dei formelle krava for utviklingshjelp (ODA-krava), og løyvingane til Regjeringas klima- og skogprosjekt blir dermed rekna inn som del av Noregs offisielle utviklingssamarbeid.
Følgjande kanalar/prosjekt er etablerte eller vil bli etablerte i løpet av 2009:
Multilaterale kanalar
FN-systemet, Verdsbanken og dei regionale utviklingsbankane er dei mest relevante multilaterale kanalane for innsatsen mot avskoging og degradering av skog i utviklingsland. Det er allereie etablert bidrag gjennom alle desse kanalane.
Det er Regjeringas politikk å bidra til at det internasjonale samfunnet sin respons på sentrale globale utfordringar er så samordna og effektiv som mogleg. Det er derfor blitt lagt stor vekt på at dei relevante internasjonale aktørane skal arbeide mest mogleg integrert, og at gode mekanismar blir etablerte for å sikre effektivt samarbeid og reell koordinering. Skal kampen mot klimagassutslepp frå avskoging og degradering av skog lykkast, må fleire og større aktørar enn Noreg på bana. Vårt beste bidrag er å medverke til ein velfungerande arkitektur som gjer innsatsen effektiv, og som dermed kan vere ein katalysator for medverknad frå andre land.
Med dette formålet har Noreg blant anna saman med dei relevante FN-organisasjonane stått som vertskap for ein breitt opplagt konferanse om arbeidet mot klimagassutslepp frå avskoging og degradering av skog, i september 2008. Seminaret hadde som formål å etablere brei konsensus rundt hovudtrekka i arbeidet mot klimagassutslepp frå avskoging og degradering av skog. Det vart lagt spesiell vekt på den internasjonale arkitekturen, under dette overvaking og verifikasjon, på samarbeid og koordinering og på å utnytte dei enkelte aktørane sine komparative fortrinn best mogleg. Det var lagt vekt på å gjere konferansen inkluderande, med deltaking frå relevante internasjonale organisasjonar, relevante tropiske skogland, store givarland, representantar for relevante urfolksgrupper, frivillige organisasjonar, og forskingsmiljø.
Den norske politikken for å sikre ein samla internasjonal respons ser så langt ut til å bidra til at utviklinga går i riktig retning. Dei relevante FN-einingane – FNs miljøprogram (UNEP), FNs utviklingsprogram (UNDP) og FNs matvare- og landbruksorganisasjon (FAO) – er som direkte respons på det norske klima- og skoginitiativet, blitt utpeikte av FNs generalsekretær til å samordne FNs arbeid på dette området. Dei er støtta i arbeidet av sekretariatet for klimaforhandlingane (UNFCCC).
Samtidig er FN-systemet, Verdsbanken og Den afrikanske utviklingsbanken (sjå nedanfor om Congo Basin Forest Fund) blitt samde om, eller i prosess for å klargjere høva til, å opne for gjensidig representasjon i relevante fond. Det er òg oppnådd overorda semje om at den internasjonale støtta til enkeltland innafor dette saksområdet skal koordinerast gjennom eitt enkelt landprogram, der den enkelte internasjonale aktøren bidrar på dei områda der han har komparative fortrinn, jf. òg utforminga av støtta til det enkelte skogland beskriven under punktet Sentrale element i mottakarlandas nasjonale strategiar mot klimagassutslepp frå avskoging og degradering av skog ovanfor.
Mykje arbeid står att for å sikre ein effektiv internasjonal innsats mot klimagassutslepp frå avskoging og degradering av skog, og dette arbeidet vil bli høgt prioritert.
Den samla støtta gjennom multilaterale kanalar i 2009 vil antakeleg liggje på omlag 600 mill. kroner.
Arbeid gjennom FN-systemet
FN-organisasjonane som er nemnde ovanfor har som svar på det norske initiativet etablert eit eige program – Collaborative UN Program on Reduced Emissions from Deforestation and Forest Degradation (UN REDD) for å koordinere sin eigen innsats. Som kanal for finansiering av denne innsatsen har dei etablert eit United Nations Multi-donor Trust Fund (UN MDTF). Dette er ein velprøvd mekanisme frå FNs side, og Noreg har tidlegare medverka i fleire slike fond. FN-organisasjonane deler Noreg sitt syn på behovet for koordinering. Dei har derfor invitert Verdsbanken til å sitje i styret for UN MDTF, og vil søkje å koordinere arbeidet sitt mot banken også på landnivå. Andre aktørar, som NGOar, representantar for urfolk mv. vil bli aktivt involverte i arbeidet.
Første etappe for UN REDD-programmet er eit «UN REDD quick-starts program», som i denne omgangen siktar mot å utvikle og forankre nasjonale strategiar, etablere system for overvaking, analyse og verifisering av skog og karboninnhaldet i skog, og generell administrativ kapasitetsbygging i eit tal pilotland som er under utveljing. Denne tilnærminga samsvarer fullt ut med den norske stegvise strategien, og deler òg vårt fokus på å få på plass resultat spesielt på overvakings- og analysesida, som kan nyttast på ein positiv måte i samband med klimaforhandlingane fram mot København.
Oppstartsprogrammet er kostnadsrekna til omkring 175 mill kroner. UN REDD-arbeidet vil bli gradvis utvida både i breidda (altså med fleire land) og i djupna (med større og breiare opplagt aktivitet). I dei seinare fasane vil fleire givarar måtte bidra. I første omgang var det viktigast raskt å få i gang FNs arbeid, og Noreg har derfor sagt seg villig til å fullfinansiere første fase.
Innsats gjennom dei regionale utviklingsbankane
Gjennom den afrikanske utviklingsbanken (AfDB) er det etablert eit fond for vern og berekraftig forvaltning av Kongo-bassengets skogområde (Congo Basin Forest Fund, CBFF). Fondet vil samarbeide tett med sentralafrikanske styresmakter, internasjonale givarar, frivillige organisasjonar og privat sektor, og støtte aktivitetar som kan bidra til nasjonal og lokal kapasitet og kompetanse for berekraftig skogforvaltning. Noreg har, som fondets initiativtakar Storbritannia, annonsert eit bidrag på 500 mill. kroner til CBFF. Av dette vil 50 mill. kroner bli utbetalt i 2008, mens resten blir fordelt mellom 2009 og 2010. Givarane vil vere representerte i styret for fondet.
Fondet er ope for søknader frå både styresmakter og frivillige organisasjonar i dei aktuelle landa. Kriteria legg bl.a. vekt på å sikre at fondsmidlane blir nytta til tiltak som vil redusere takten i avskoginga, bidrar til fattigdomsreduksjon og involverer lokalbefolkninga som lever i og av skogen. Eit viktig kriterium er òg at søknadene identifiserer risiko for misbruk av midlar, og at det er ein plan for korleis ein vil førebyggje og handtere dette.
CBFFs arbeid vil bli koordinert mot FNs og Verdsbankens innsats, og utforma i lys av strategiane til dei enkelte land.
Innsats gjennom Verdsbanken
Verdsbanken har etablert Forest Carbon Parthership Facility (FCPF), som skal byggje kapasitet til å gi incentiv til å unngå avskoging gjennom å søkje og etablere føresetnadene for ein framtidig marknad for sal av skogkarbonkvoter som blir skapte gjennom redusert avskoging/skogplanting. Ein sentral funksjon for FCPF har vore å identifisere tropiske skogland sitt behov for støtte i å forberede seg på å kunne delta i ein slik marknad. Noreg lova på Bali å bidra til dette arbeidet med 5 mill. USD. Ytterlegare bidrag vil kunne bli aktuelt.
Verdsbanken arbeider òg med utvikling av eit Forest Investment Program, som skal gjennomføre investeringar for å støtte arbeidet med å redusere avskoging og degradering av skog. Noreg føljer dette arbeidet nøye, med spesiell vekt på at det blir teke omsyn til interessene til mottakarlanda og involverte grupper og at det blir koordinert systematisk opp mot annan internasjonal innsats, spesielt FNs arbeid. Når rammene for fondet er fastlagt, vil eit eventuelt norsk bidrag bli vurdert. Det vil i vurderinga bli lagt stor vekt på i kva grad fondet sitt arbeid kan vere komplementært til FNs arbeid, slik at dei to kan styrkje kvarandre gjensidig, og på interessa for eit slikt fond blant relevante mottakarland.
International Tropical Timber Organization (ITTO)
ITTO er ein sentral organisasjon for internasjonalt arbeid med skog. Avtala ITTO byggjer på koplar på ein god måte saman handel, kamp mot fattigdom og miljø. Alle dei viktige skoglanda i Latin-Amerika, Kongo-bassenget og Søraust-Asia er medlem i ITTO, og organisasjonen er derfor eit viktig forum for både multi- og bilateral dialog om skog.
Dei siste åra har ITTO som andre internasjonale skogorganisasjonar lagt aukande vekt på koplinga mellom skog og klima. Noreg har derfor teke initiativ til å utvikle eit tematisk program om REDD. Initiativet er under utvikling i samarbeid med andre land, og vil etter planen bli vedteke på ITTOs rådsmøte i november 2008. Det tematiske programmet er tenkt å vere ein mekanisme for å kanalisere givarmidlar til REDD-aktivitetar som er foreslått av produsentlanda. Frå norsk side er det lagt opp til at prioriteringane i programmet skal liggje tett opp til prioriteringane i Noregs innsats på same område, og foreløpige sonderingar tyder på at ingen har motførestillingar mot ein slik profil.
Noreg må bidra med startkapital for eit slikt program for å følgje opp initiativet, og foreløpig blir det planlagt for eit avgrensa eingongsbidrag i 2009. Vidare bidrag må vurderast ut frå resultata.
Finansieringsmekanismen for FNs miljøkonvensjonar – GEF (Global Environment Facility)
GEF har utvikla eit nytt program for berekraftig skogforvaltning der formålet er å stimulere til auka investeringar i skogsektoren som skal gi resultat på områda redusert klimagassutslepp, bevaring av biodiversitet og reduksjon av landutarming. Programmet omfattar tropisk skog i 17 land. Det er venta at investeringar på 60 mill. USD gjennom dette programmet vil utløyse tilleggsmidlar på 100 mill. USD gjennom finansieringsmekanismen på landnivå. Det vil vere aktuelt å bruke denne finansielle mekanismen også for tiltak innafor den norske satsinga på skog og klima.
Bilaterale program
Noreg vil kanalisere det meste av støtta si på klima og skogområdet området gjennom multilaterale kanalar. Men det finst unntak, som i hovudsak har sin bakgrunn i to forhold: det eine er situasjonar der det nasjonale arbeidet har komme så langt at Noreg allereie frå starten av kan gå inn med resultatbasert støtte til implementeringa av ein etablert strategi; det andre er situasjonar der det er multilaterale bidrag på plass, samtidig som Noreg har erfaring med bistandsarbeid i landet. Brasil er eit eksempel på førstnemnde, Tanzania på sistnemnde.
Brasil
Brasil er verdas største skogland, og 30 pst. av den attverande regnskogen i verda ligg her. Høg avskogingsrate har vore eit stort problem i Brasil i mange år. Samtidig er Brasil eit av dei landa som har komme lengst i å ta problematikken på alvor. Styresmaktene har etablert eit omfattande nasjonalt program for å redusere avskoginga i Amazonas, som har oppnådd betydelege resultat dei siste åra.
Den brasilianske strategien inkluderer systematisk overvaking, styrkt lovverk i kampen mot ulovleg hogst, betre handhevingskapasitet, opprydding i eigedomsforhold, kamp mot korrupsjon i dei delane av offentleg sektor som har ansvar for skogen, og arbeid for å etablere alternative levevegar for dei som lever i og av skogen. Denne innsatsen har gått føre seg sidan 2004, og har gitt signifikante reduksjonar i avskogingsraten. Det siste knappe året har ein likevel igjen sett ein negativ trend. Blant anna på denne bakgrunnen ønskjer brasilianske styresmakter ytterlegare å intensivere innsatsen sin.
Brasil ønskjer òg støtte frå andre regjeringar, bedrifter og privatpersonar til den intensiverte strategien sin. For dette formålet har dei etablert eit Amazonas-fond, som skal forvaltast av den brasilianske utviklingsbanken BNDES. Fondet skal finansiere aktivitetar som støttar opp under dei brasilianske styresmaktene sin innsats mot avskoging. Det er på brasiliansk initiativ etablert ei resultatbasert tilnærming til bidrag til fondet, og omfanget av omsøkte bidrag er direkte relatert til reduksjonar i avskoginga relativt til eit historisk referansenivå. Referansenivået blir revidert kvart femte år.
Noreg vil gå inn med signifikant støtte til Amazonas-fondet, men vil la dei årlege bidraga variere avhengig av dei resultata brasilianarane oppnår. For 2008 er det tilrådd å løyve 100 mill. kroner, for 2009 600 mill. kroner.
Brasils program dekkjer ikkje degradering av skog, og heller ikkje dei andre store skogområda i Brasil. Det sistnemnde problemet ønskjer dei å løyse frå 2011, då dei planlegg å utvide arbeidet mot avskoging til å dekkje heile Brasil. Når det gjeld degradering av skog har Brasil og Noreg som del av eit breiare klima- og skogpolitisk samarbeid etablert eit teknologisamarbeid for å vurdere korleis degraderinga best kan motverkast.
Noregs bidrag til Amazonas-fondet vil vere del av eit breiare opplagt samarbeid med Brasil innafor klimapolitikken. Brasil er ein aktør med aukande betydning i internasjonal politikk generelt og klimasaker spesielt, og dette er ein viktig kanal for å formidle norske synspunkt og arbeide for gode løysingar. Samarbeidet, som vart stadfesta av statsminister Stoltenberg og president Luis Lula da Silva under Stoltenbergs Brasil-besøk i september 2008, omfattar i tillegg til støtta til Amazonas-fondet ein systematisk klima- og skogpolitisk dialog på departementalt og politisk nivå, og samarbeid om dei tekniske utfordringane knytte til overvakning, rapportering og verifisering – sistnemnde òg i form av støtte til tredjeland.
Tanzania
Det vart våren 2008 underteikna ein intensjonsavtale mellom Tanzania og Noreg om samarbeid på klima- og skogområdet. Under føresetnad av aktiv innsats frå Tanzania si side, forplikta Noreg seg i samband med dette til å bidra med 500 mill. kroner fordelt over 5 år til Tanzanias arbeid for å redusere klimagassutslepp frå avskoging og degradering av skog.
Dette bidraget vil delvis kunne gå gjennom multilaterale kanalar og delvis bilateralt. For å sikre reelle resultat på nasjonalt nivå, vil Tanzanias oppfølging av arbeidet mot UN REDD vere ein føresetnad for det bilaterale samarbeidet. Som omtalt ovanfor vil arbeidet gjennom UN REDD fokusere på utviklinga av nasjonale strategiar for arbeidet mot avskoging og degradering av skog, kapasitetsbygging og etablering av overvakingssystem. Det bilaterale samarbeidet vil i større grad fokusere på enkeltprosjekt for å skape incentiv for å avstå frå avskoging og etablere alternative levevegar.
Bidrag til forsking og utvikling og norske og internasjonale frivillige organisasjonar
Arbeidet for å redusere klimagassutslepp frå avskoging og degradering av skog er i støypeskeia. Utfordringane er mange og risikoen betydeleg. Meir kunnskap om feltet er viktig, og det vil derfor bli gitt støtte til utstrekt forskings- og utviklingsverksemd innan relevante delområde. Det er vidare eit betydeleg behov for å søkje nye, innovative tilnærmingar til saksfeltet. I noko grad vil prosjekt som søkjer slike tilnærmingar ikkje passe innafor dei multi- og bilaterale mekanismane som er under etablering. På denne bakgrunnen vil det bli etablert ordningar for løyvingar til forsking og utvikling og til prosjekt utført av norske og internasjonale frivillige organisasjonar.
Søknadene vil bli vurderte på basis av eit sett med miljø- og bistandsfaglege kriterium. Hovudvekt skal leggjast på det potensial prosjekta har for å utvikle nyskapande løysingar som kan implementerast i større skala dersom dei viser seg å fungere. Prosjekt med betaling for økosystemtenester, berekraftig skogbruk og innovative finansieringsmekanismar er moglege eksempel. Det vil òg bli gitt støtte til at utviklingsland kan ta del i sentrale internasjonale prosessar, seminar, konferansar m.m. i arbeidet for å redusere klimagassutslepp frå avskoging og degradering av skog. Det er lagt opp til at ordningane vil bli forvalta av Norad i tråd med retningslinjer frå Utanriksdepartementet og Miljøverndepartementet.
I tillegg vil det bli inngått strategiske alliansar med utvalte NGOar og forskingsinstitusjonar/tenketankar. Målet med dette vil delvis vere utvikling av løysingar, men i vel så stor grad å bidra til systematisk formidling og debatt rundt behovet for eit nytt klimaregime, og for å inkludere skog i dette.
Truverdig evne til overvaking, analyse, rapportering og verifisering av skogdekket og karboninnhaldet i skogen (MRV), er som understreka ovanfor avgjerande for å skape tillit til arbeidet for å redusere klimagassutslepp frå avskoging og degradering av skog i utviklingsland (REDD). Ikkje minst gjeld dette i forhold til å få utslepp frå skog inn som del av eit nytt, heilskapleg globalt klimaregime under København-toppmøtet i desember neste år. Departementet har allereie sett i gang fleire initiativ på dette området, blant anna gjennom finansiering av ein FN-leidd konferanse i Washington D.C. i september d å. Denne satsinga bør førast vidare – både gjennom arbeid med metodeutvikling og etablering av eigna internasjonale strukturar, og gjennom etablering av konkrete system og kapasitetar i det enkelte REDD-land. Den direkte støtta kjem i tillegg til støtte til slik verksemd gjennom multi- og bilaterale kanalar.
Den samla støtta på desse områda vil vere omlag 175 mill. kroner i 2009.
Ytterlegare prosjektutvikling
Departementa vil i tillegg til den ovannemnde porteføljen arbeide aktivt gjennom multilaterale institusjonar og bilateralt for å få også andre utviklingsland til å forplikte seg til nasjonale program mot avskoging- og degradering av skog. I den grad dette fører til finansieringsbehov for truverdige prosjekt, vil tilførsel av ytterlegare prosjekt til porteføljen bli vurdert.
I utgangspunktet vil det bli utarbeidd gode løysingar for å kanalisere midlane gjennom multilaterale kanalar, med enkelte unntak som beskrive ovanfor. I hovudsak vil bilaterale kanalar berre bli nytta i land der det òg blir gjennomført multilaterale initiativ og/eller fleirgivarsamarbeid, slik at den nødvendige kapasiteten er på plass/er i ferd med å byggjast opp, spesielt når det gjeld nødvendig politisk eigarskap, og utvikling av nasjonale planar angåande overvaking, analyse og verifisering.
Regjeringas arbeid med klima og skog i perspektiv
Kampen mot global oppvarming er ei av dei mest krevjande oppgåvene verdssamfunnet har stått overfor nokon sinne. I realiteten må store delar av verdsøkonomien leggjast om frå ei høg- til ei lågkarbon innretting i løpet av ein svært kort periode, 30-40 år. Dei samla utsleppa av klimagassar i verda må reduserast med over 50 pst., samtidig som folketalet i verda truleg vil auke med omkring 30 pst., og verdas BNP anslagsvis vil doblast. Store delar av omlegginga i retning av lågare klimagassutslepp må skje allereie i løpet av dei næraste åra.
Alle høve må utnyttast dersom det skal det vere mogleg å lykkast med denne omlegginga. Ingen løysingar er enkle, men nokre er meir overkommelege og kan gjennomførast på kortare tid enn andre. Redusert avskoging og degradering av skog i utviklingsland er eit slikt verkemiddel det dekkjer om lag 20 pst. av dei årlege globale utslepp. Samtidig er IPCC og Stern-rapporten samstemte i at redusert avskoging og degradering av skog er eit kostnadseffektivt verkemiddel.
Som vist ovanfor, betyr ikkje det at å redusere utslepp av klimagassar frå avskoging og degradering av skog i utviklingsland er enkelt, eller spesielt rimeleg. Betydelege utfordringar er knytte til arbeidet mot avskoging og degradering av skog, og ressursbehovet er svært betydeleg. Det norske arbeidet er spesielt utfordrande fordi vi ligg i forkant av utviklinga, og set opp strukturar og kapasitet som andre som kjem etter oss vil få stor nytte av. Investeringane våre no vil med andre ord auke kost-/nytteeffekten av andre sin innsats på same området seinare. Slik sett er det ikkje nødvendigvis slik at vi krone for krone vil få store utsleppsreduksjonar ut av innsatsen dei aller første åra.
Det er det relative potensialet over tid som er poenget. Dei aller fleste andre tiltaka – med unntak av lønnsame tiltak knytte hovudsakleg til energiøkonomisering – er endå meir kompliserte, vil ta lenger tid å implementere i stor skala, og er til dels betydeleg dyrare. Det betyr ikkje at ikkje også andre tiltak – som innføring av alternative, reine energiformer – er viktige og nødvendige, men det understrekar behovet for raskt å komme i gang med skogrelaterte tiltak.
Med sin innsats for å redusere klimagassutslepp frå avskoging og degradering av skog i utviklingsland, går Noreg føre i å arbeide for reduserte utslepp av klimagassar på eit område der kloden si framtid er avhengig av at vi lykkast. På sikt kan dette arbeidet lykkast berre dersom det kjem på plass ei global avtale om reduserte utslepp av klimagassar, som dekkjer alle viktige sektorar og strekkjer seg langt fram i tid. Noreg kan bidra til at ei slik avtale blir ein realitet ved å skape tillit og vise at det er mogleg å gjere truverdige reduksjonar i utslepp frå avskoging og degradering av skog, og bidra til å setje opp ein internasjonal arkitektur som kan koordinere denne innsatsen på ein effektiv og inkluderande måte.
Tilpassing til klimaendringar
Tabell 9.5 Mål og resultatindikatorar resultatområde 4 underområde 1 klimaendringar- Tilpassing til klimaendringane
Nasjonale resultatmål | Miljøforvaltningas arbeidsmål | Miljøforvaltningas resultatindikatorar |
---|---|---|
Bidra til å gjere samfunnet mindre sårbart for klimaendringer og bidra til å styrkje Noregs tilpassingsevne. | 5.1. Kartleggje kor klimasårbart Noreg er og innarbeide omsynet til klimaendringane i samfunnsplanlegginga. | Igangsetje offentleg utgreiing om klimatilpassing. |
5.2 Få fram meir kunnskap om klimaendringane og klimatilpassing. | Fremje omsynet til klimaendringane i samfunnsplanlegginga. Utvikle og leggje til rette kunnskap om klimaendringane og effektar i Noreg og ivareta omsynet til klimatilpassing i dei aktuelle forskingsprogramma. | |
5.3 Stimulere samordning, informasjon og kompetanseutvikling. | Styrkje samordningsrolla til Direktoratet for Samfunnstryggleik og beredskap (DSB) og utvikle ny nettportal Klimatilpassing Noreg. |
Statusbeskriving
Konsekvensane av klimaendringane vil bli størst i utviklingsland, og sårbare regionar har store utfordringar knytte til eit endra klima. Helse- og miljøproblema blir forsterka av klimaendringane, og trugar oppfyllinga av FNs tusenårsmål og mål om berekraftig utvikling. Noreg skal derfor vere ein pådrivar for at utviklingslanda skal styrkje tilpassingsevna si, og omsynet til klimaendringane skal takast inn i utviklingssamarbeidet.
Sjølv om vi har høge ambisjonar om utsleppskutt nasjonalt og internasjonalt er det nødvendig å vere førebudd på konsekvensane av klimaendringane i Noreg. På fleire samfunnsområde er ein allereie i gang med eit arbeid for tilpassing til klimaendringane. Det skjer ein omfattande forskingsinnsats for å kartleggje klimaendringane sin innverknad på naturen og samfunnet. I tida framover vil tilpassing til klimaendringar bli ein viktig og integrert del av samfunnsplanlegginga på fleire område. Ein målretta innsats på dette området vil kunne spare Noreg for store kostnader i framtida.
Koordinert innsats
Klimaendringane påverkar naturen og samfunnet på ulike måtar. For å bidra til samordning er det under leiing av Miljøverndepartementet oppretta ei koordineringsgruppe med deltaking frå aktuelle departement. Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap er gitt eit spesielt ansvar for å ivareta dei praktiske utfordringane knytte til koordineringa av styresmaktene sin innsats på dette området.
Det overordna målet er å gjere samfunnet mindre sårbart for klimaendringane, og bidra til å styrkje Noregs tilpassingsevne.
Arbeidsmål 5.1. Kartleggje kor klimasårbart Noreg er og innarbeide omsynet til klimaendringane i samfunnsplanlegginga
Det blir sett i gang ei breitt opplagt offentleg utgreiing for å kartleggje kor sårbart samfunnet er og behov for tilpassing til klimaendringane. Utvalet skal sjå på kva risiko klimaendringane representerer for natur og samfunn, og gjere greie for kva samfunnsområde som er mest utsette. Parallelt med utgreiinga er det viktig at styresmakter og næringsliv kjem i gang med å integrere omsynet til klimaendringane i samfunnsplanlegginga på dei mest utsette områda. For eksempel er det viktig at langsiktige investeringar i vegar og andre delar av infrastrukturen i samfunnet skjer i lys av utsiktene til eit endra klima.
Arbeidsmål 5.2 Få fram meir kunnskap om klimaendringane og klimatilpassing
Styresmaktene og forskingsmiljøa har eit ansvar for å utvikle og leggje til rett meir kunnskap om klimaendringane og effektar i Noreg. Eit av dei grunnleggjande spørsmåla for arbeidet med klimatilpassing er korleis klimaendringane vil arte seg. Vi treng meir detaljerte og betre klimascenarium enn det vi har i dag. Vi er òg avhengige av at klimaforskarar og samfunnsforskarar samarbeider. Utviklinga av kunnskap på dette området krev ein langsiktig satsing, og omsynet til klimaendringane og behovet for tilpassing må ivaretakast i relevante forskingsprogram.
Arbeidsmål 5.3 Stimulere samordning, informasjon og kompetanseutvikling
Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap (DSB) har fått ei viktig rolle som koordinator og knutepunkt for styresmaktene sitt arbeid med klimatilpassing. DSB skal blant anna leggje til rette for at kommunar og andre blir i stand til å møte dei langsiktige utfordringane som følgjer med klimaendringane. Dette inneber omfattande informasjonsarbeid og blant anna utviklinga av ein nasjonal nettportal som no blir tilgjengeleg på Regjeringas nettsider. Her vil aktuelle styresmakter, bedrifter og andre som måtte vere interesserte i løpet av hausten finne skreddarsydd og oppdatert informasjon om konsekvensane av klimaendringane.
Departementa vart bedne om å gjere greie for arbeidet med klimatilpassing i forbindelse med Statsbudsjettet for 2009. Det skulle spesielt fokuserast på korleis klimaendringane vert tekne omsyn til ved planlegging av større investeringar. Departementa med dei største investeringane i til dømes samferdsel, energi og forsvar har teke tak i denne utfordringa, men svara frå dei fleste departementa har vore mangelfulle. Miljøverndepartementet vil vurdere kva felles tiltak som er aktuelle å ta opp med dei andre departementa mens utvalet arbeider.
Verkemiddel
Finansieringa av resultatområde 4, underområdet 1 Klimaendringar, blir dekt over kap. 1400, kap. 1410, kap. 1441 og kap. 1471. CO2-avgifta, som vart innført i 1991, vil saman med det nasjonale kvotesystemet dekkje over 70 pst. av utsleppa frå Noreg. Ein viser til Finansdepartementets avgiftsproposisjon for eit nærare oversyn over satsane for CO2-avgifta. F.o.m. 2005 har Noreg og EU oppretta klimakvotesystem. Desse er kopla saman frå og med 2008 fordi EUs kvotedirektiv vart innlemma i EØS-avtala. I praksis vil høvet til å overføre kvotar frå Noreg til EU (og den andre vegen) skje etter at ESA har godkjent Noregs plan for tildeling (sjå førre avsnitt) og kvoteregistra er fullt etablerte både i EU og i Noreg. Regjeringa har vedteke kvoteplikt frå 1. juli 2008 for utslepp av lystgass frå produksjon av mineralgjødsel, og vurderer vidare kvoteplikt for den andre delen av industrien som ikkje er omfatta av obligatorisk kvoteplikt etter EU sitt kvotedirektiv, herunder aluminium, ferrolegeringar, kjemisk og annan metallurgisk industri.
Regjeringas visjon er at Noreg skal vere ein miljøvennleg energinasjon og vere verdsleiande innafor utviklinga av miljøvennleg energi. I Soria Moria-erklæringa har regjeringspartia slege fast at energipolitikken skal byggje på at miljømåla vil bestemme produksjonsmoglegheitene, og at det er nødvendig å føre ein aktiv politikk for å avgrense veksten i energibruken. Regjeringa vil fortsetje satsinga på fornybar energi og energisparing ved å ta i bruk ulike verkemiddel. Både kvotesystemet, skatte- og avgiftssystemet, rådgiving og støtte til prosjekt og andre tiltak gjennom Energifondet er viktige verkemiddel for å realisere regjeringas klimapolitikk.
Eit anna viktig område er satsinga på fangst og lagring av CO2. Ein viser elles til omtalen av dette i St.prp. nr. 1 (2008-2009) frå Olje- og energidepartementet. Miljøverndepartementet har inngått ei avtale med elektrobransjen om reduserte utslepp av SF6. Det vart innført ei avgift på produksjon og import av HFK og PFK 1. januar 2003. Ein viser til avgiftsproposisjonen frå Finansdepartementet for detaljane om denne avgifta. Avgifta vart supplert med ei refusjonsordning for brukt HFK og PFK som blir levert inn til destruksjon. Refusjonsordninga trådde i kraft frå 1. juli 2004. Avgifta og refusjonsordninga skal saman bidra til å motverke at ozonreduserande gassar som blir fasa ut blir erstatta av klimagassane HFK og PFK, i staden for meir miljøvennlege alternativ. Sjå òg omtale under kapittel 1441 post 76 Refusjonsordningar.
Vegtrafikk er ein av dei store bidragsytarane til norske utslepp av klimagassar. Utan nye tiltak er det venta sterk vekst i CO2-utsleppa frå vegtrafikken. Biodrivstoff kan bidra til å få ned desse utsleppa. Samtidig held Regjeringa oppe fokus på å få ned trafikkveksten, på meir kollektivtrafikk, på drivstoffgjerrige bilar, på alternative motorteknologiar, og på dei som syklar og går. Det er sendt på høyring forslag til forskriftsendringar om krav om at minimum to volumprosent av årleg omsett volum drivstoff til vegtrafikken skal bestå av biodrivstoff i 2008, stigande til fem pst. i 2009. Etter høyringa er saka no til grundig vurdering i Regjeringa, og partane i klimaforliket på Stortinget er òg trekte inn i prosessen. Det er venta ei endeleg avgjerd i løpet av hausten 2008.
Regjeringa ønskjer å samarbeide med EU, internasjonale organisasjonar og drivstoffbransjen for å få på plass ordningar for å fremje berekraftig produksjon og import av biodrivstoff. Regjeringa har bl.a. drive aktiv påverknad inn i EU-systemet i forbindelse med forslaget til eit system for berekraftig biodrivstoff i forbindelse med EUs forslag til nytt direktiv om auka bruk av fornybar energi (KOM 2008/19 av 23.01.2008).
Aktuelle fagmiljø skal utarbeide grunnlagsmateriale og forslag til ein strategi for auka FoU på annengenerasjons biodrivstoff inkludert demonstrasjonsprosjekt. Ein slik strategi kan ventast fastsett i løpet av første halvår 2009.
Vi viser elles til omtale om biodrivstoff i kapitla 8.3 og 9.2.2 i klimameldinga (St.meld. nr. 34 (2006-2007)) og i klimaforliket.
I omtalen av biodrivstoff og berekraftomsyna i klimameldinga, står det at Regjeringa vil evaluere strategien for auka bruk av biodrivstoff seinast i forbindelse med statsbudsjettet for 2009. Tre sentrale element i strategien er framleis under vurdering eller på annan måte enno ikkje ferdigbehandla: forskrift om påbod om omsetning av biodrivstoff; påverknad og vedtak internasjonalt om eit system for berekraftig biodrivstoff; og ein strategi for auka FoU på annengenerasjons biodrivstoff. Desse prosessane er venta avklart i løpet av 2008 eller første halvdel av 2009. Det kan derfor synast meir føremålstenleg å komme tilbake med ei vurdering av strategien når desse elementa er meir avklarte, for eksempel i forbindelse med statsbudsjettet for 2010 eller i ei relevant stortingsmelding i løpet av 2009.
Regjeringa går inn for å styrkje klimarelatert forsking, og vil prioritere overvaking av klimaprosessar og konsekvensar av klimaendringar i nordområda.
Ved å satse på utvikling av ny kunnskap og teknologi kan det vi gjer nasjonalt få betydning langt ut over Noregs grenser. Klimautfordringa er så kompleks at det trengst ny kunnskap på mange område. Vi bør dessutan ha kunnskapsberedskap for problem og løysingar som vi ikkje har oversyn over i dag. Betre kunnskap om årsaker til og verknader av klimaproblemet vil vere eit viktig grunnlag for framtidige klimaforhandlingar, og utgjere ein fagleg basis for politiske avgjersler om nødvendige utsleppsreduksjonar. Utvikling av ny teknologi for produksjon og bruk av energi er vidare ein svært viktig del av arbeidet med å redusere utslepp av klimagassar nasjonalt og internasjonalt. Klima- og miljøforsking er òg høgt prioritert internasjonalt, både i enkeltland og innanfor større samarbeidsarenaer.
Forsking på klimasystemet og klimaendringar står sentralt for å sikre eit godt kunnskapsgrunnlag for prognosar av framtidige klimaendringar og effektar av desse. Men klimarelevant forsking omfattar langt meir: Forsking og utvikling av klimavennleg teknologi, særlig relatert til fornybar energi og energieffektivisering, samfunnsmessig forsking knytt til verkemiddel og tiltak, og forsking på kor sårbart samfunnet er for klimaendringar og behov for tilpassing til dei, er alle eksempel på felt av vesentleg betydning for å sikre ein kunnskapsbasert klimapolitikk. Dette inkluderer forsking på utviklingstrendar i samfunnet med omsyn til bl.a. befolkning, teknologisk nivå og ressursforbruk og korleis desse trendane fører til endring i utslepp av klimagassar. Det er dessutan viktig å få kunnskap om kva slag politikk som kan gi optimale løysingar for å møte dei klimaendringane som uansett vil komme. Vidare er det behov for auka kunnskap om klimatilpassingstiltak og sårbarheit i utviklingsland.
For at forskingsresultata skal kunne komme til nytte, er det viktig at resultata blir formidla vidare til styresmakter, politikarar, næringsliv og allmenta elles. Regjeringa understrekar at styrkt formidling av informasjon på klimaområdet vil vere ei sentral oppgåve framover, og at alle FoU-miljø som arbeider med klimarelevant forsking bør leggje vekt på formidling av resultat.
Forsking om klima, miljø og energi går på tvers av fag-, sektor- og departementsgrenser. Eit synleg løft på dette området er derfor eit utprega fellesprosjekt for heile regjeringa. Kunnskapsdepartementet, gjennom sitt koordineringsansvar for forskingspolitikken, og Miljøverndepartementet, gjennom sitt koordineringsansvar for miljøsaker, har eit felles ansvar for å realisere ei samla satsing på klimarelevant forsking.
Som eit ledd i å styrkje formidling av informasjon og kunnskap om klima har Regjeringa sett i gang klimakampanjen Klimaløftet. Klimaløftet skal gjennom mange ulike tiltak bidra til auka klimakunnskap i befolkninga. Eit siktemål er å stimulere til meir klimavenleg åtferd.
Klimaløftet gjennomførte våren 2008 ei omnibusundersøking om folks haldningar til klimaspørsmål og vilje til å leve meir klimavenleg. 90 pst. av dei spurde svara at dei ønskjer å gjere noko aktivt for å redusere klimagassutsleppa. Samstundes vart det avdekt at folk har behov for å få meir kunnskap og råd om korleis dei kan leggje om livsstilen i meir klimavenleg retning. Klimaløftet har i 2007 og i 2008 lagt vekt på å styrkje kunnskapsformidlinga, blant anna gjennom ulike føredragskonsept, og har utvikla eit verktøy for endring av åtferd, gjennom nettstaden www.klimaklubben.no.
Kampanjen tek òg i bruk eit breitt spekter av kommunikasjonstiltak og former som formidlar kunnskap om klima på ein pedagogisk og engasjerande måte. Klimaløftet samarbeider med ein rekkje aktørar, som næringsliv, frivillige organisasjonar, kommunar, offentlege styresmakter og forskingsmiljø for å sikre at tiltaka når betre ut til folk flest. Informasjonen skal gi folk eit heilskapleg perspektiv på klimautfordringane. I 2009 vil det bli lagt meir vekt på ungdom som målgruppe, og tiltak som gir folk praktiske råd som klimaklubben, klimakalkulator, energiråd og miljømerking skal utviklast vidare.
Resultatområde 4 – underområde 2 Nedbryting av ozonlaget
Strategisk mål
Alt forbruk av ozonreduserande stoff skal stansast i tråd med Montrealprotokollen.
Definisjon og avgrensing
Resultatområdet omfattar arbeidet med å førebyggje og redusere utsleppa av alle ozonreduserande stoff, bl.a. klorfluorkarbon (KFK), hydroklorfluorkarbon (HKFK), metylbromid og halon. Resultatområdet omfattar dessutan internasjonalt arbeid, bl.a. oppfølging av Montrealprotokollen.
Tabell 9.6 Mål- og indikatortabell for resultatområde 4 underområde 2 Nedbryting av ozonlaget
Nasjonale mål | Miljøforvaltningas arbeidsmål | Miljøforvaltningas resultatindikatorar |
---|---|---|
1.1. Leie det norske arbeidet med å vidareutvikle Montrealprotokollen til framleis å vere eit miljø- og kostnadseffektivt instrument for å avgrense utslepp av ozonreduserande stoff. | Status i det internasjonale arbeidet: - talet på land som har ratifisert og følgjer opp dei ulike endringane av protokollen. - landa si oppfølging av forpliktingane sine. |
Statusbeskriving
Arbeidsmål 1.1. Leie det norske arbeidet med å vidareutvikle Montrealprotokollen til framleis å vere eit miljø- og kostnadseffektivt instrument for å avgrense utslepp av ozonreduserande stoff.
Internasjonalt er ei av hovudutfordringane å leggje forholda til rette for at utviklingslanda kan bli i stand til å oppfylle forpliktingane sine under Montrealprotokollen. Ei anna hovudutfordring internasjonalt er å utvikle vidare regelverket for å sikre at mål og forpliktingar i protokollen blir effektivt oppfylte.
191 land (av totalt 196 land) har ratifisert Wienkonvensjonen og Montrealprotokollen. Tabellen nedanfor viser talet på land som har ratifisert dei ulike endringane i protokollen.
Tabell 9.7 Tabellnavn
Talet på land som har ratifisert | |
---|---|
Wienkonvensjonen (1988) | 191 |
Montrealprotokollen (1988) | 191 |
London-endring (1992) | 186 |
København-endring (1994) | 179 |
Montreal-endring (1999) | 159 |
Peking-endring (2002) | 135 |
I 2006 hadde dei 191 landa som har ratifisert Montrealprotokollen oppnådd 95 pst. reduksjon i forbruk av ozonreduserande stoff, samanlikna med baseline. Det gjenstår å fase ut 87 000 tonn (målt i ozonreduserande effekt, ODP), av dette 11 000 i i-land og 76 000 i u-land.
Vidare oppfyller over 90 pst. av landa forpliktingane sine i protokollen. Det er etablert eit non-compliance-regime, som har gjort at 25 land som ikkje oppfylte forpliktingane sine, med bistand frå dette regimet har klart å overhalde forpliktingane sine igjen.
Tabell 9.8 Mål- og indikatortabell for resultatområde 4 underområde 2 Nedbryting av ozonlaget
Nasjonale mål | Miljøforvaltningas arbeidsmål | Miljøforvaltningas resultatindikatorar |
---|---|---|
2. Det skal ikkje vere forbruk av halon, eller av nokon type klorfluorkarbon (KFK), tetraklormetan, metylkloroform og hydrobromflu orkarbon (HBFK). | 2.1. Følgje opp bruken av verkemiddel overfor halon, KFK, tetraklormetan, metylkloroform og HBFK. | Reell reduksjon i bruk av KFK og halon. |
3. Forbruket av hydroklorfluorkarbon (HKFK) skal vere stabilisert frå 1995 og vere fasa ut innan 2010. | 3.1. Leie det nasjonale arbeidet med å vidareutvikle og implementere bruken av verkemiddel for å redusere forbruket av HKFK i Noreg, under dette følgje opp endringar i ozonforordninga frå EU. | Reell reduksjon i produksjon, import, eksport og bruk av HKFK. |
4. Forbruket av metylbromid skal vere stabilisert frå 1995 og vere fasa ut innan 2005. | 4.1. Leie det nasjonale arbeidet med å vidareutvikle og implementere bruken av verkemiddel for å redusere forbruket av metylbromid i Noreg, under dette oppfølging av endringar i ozonforordninga frå EU. | Reell reduksjon i produksjon, import, eksport og bruk av metylbromid. |
Statusbeskriving:
Arbeidsmål 2.1 Følgje opp bruken av verkemiddel overfor halon, KFK, tetraklormetan, metylkloroform og HBFK.
Arbeidsmål 3.1 Leie det nasjonale arbeidet med å vidareutvikle og implementere bruken av verkemiddel for å redusere forbruket av HKFK i Noreg, under dette følgje opp endringar i ozonforordninga frå EU.
Arbeidsmål 4.1 Leie det nasjonale arbeidet med å vidareutvikle og implementere bruken av verkemiddel for å redusere forbruket av metylbromid i Noreg, under dette oppfølging av endringar i ozonforordninga frå EU.
Noreg har oppfylt krava i Montrealprotokollen og gjennomført EU-forordninga om ozonreduserande stoff (forordning (EF) 2037/2000), som for enkelte stoff set strengare mål for utfasing enn Montrealprotokollen. For metylbromid er EUs delmål at bruken skal reduserast med 75 pst. i høve til 1991-nivå innan 1. januar 2003 og 100 pst. innan 1. januar 2005. Bruken av HKFK skal reduserast med 70 pst. i høve til eit nytt basisnivå (som er lik HKFK-bruken i 1989 pluss 2 pst. av KFK-bruken i 1989) innan 1. januar 2004, 75 pst. innan 1. januar 2008 og 100 pst. innan 1. januar 2010.
Noreg har ingen produksjon av ozonreduserande stoff. Dei ozonreduserande stoffa som blir brukte er importerte. Det blir importert små mengder KFK, tetraklormetan (karbontetraklorid) og 1,1,1-trikloretan (metylkloroform) til analysar som er godkjende som essensiell bruk under Montrealprotokollen. Noreg oppfyllde elles målet om utfasing av metylbromid innan 2005. Det er unntak for bruk av metylbromid til behandling av visse typar produkt for eksport. I 2007 vart det ikkje importert noko til dette formålet. Det vart importert vel 326 tonn HKFK i 2007, og dette er innafor utfasingsplanen.
Noreg har i mange år vore i framkant av dei internasjonale føresegnene når det gjeld reduksjon i bruken av dei ozonreduserande stoffa. Målt i ozonreduserande effekt er norsk forbruk av ozonreduserande stoff redusert med meir enn 99 pst. i perioden 1986 til 2006.
Verkemiddel
Finansiering av resultatområde 4, underområde 2 nedbryting av ozonlaget, blir i hovudsak dekt under kap. 1400 og kap. 1441.
Bakgrunnen for dei gode reduksjonsresultata for ozonreduserande stoff i Noreg er at det er teke i bruk ein kombinasjon av verkemiddel som har vore styringseffektiv. Forskrifter, informasjon, frivillige tiltak og samarbeid mellom styresmaktene og bransjane har stått sentralt. Alle dei ozonreduserande stoffa i Montrealprotokollen er regulerte gjennom forskrift 1. juni 2004 nr. 922 om avgrensing av bruk av helse- og miljøfarlege kjemikaliar og andre produkt (produktforskrifta) kapittel 6.
Det nasjonale arbeidet er retta mot kontroll av at føresegnene blir etterlevde, og overvaking av miljøsituasjonen. Noreg har ei ordning med lisensiering for import og eksport av ozonreduserande stoff, slik det er lagt opp til under Montrealprotokollen.
Resultatområde 4 – underområde 3 Langtransporterte luftforureiningar
Strategisk mål
Utsleppa av svovel, nitrogenoksid, flyktige organiske sambindingar og ammoniakk skal reduserast, slik at påverknaden av naturen blir halden innafor kritiske belastningsgrenser (tolegrensene i naturen), og slik at mennesket si helse og miljøet ikkje tek skade, i tråd med artikkel 2 i Gøteborgprotokollen.
Definisjon og avgrensing
Resultatområdet omfattar arbeidet med å førebyggje og redusere utsleppa av svovel, nitrogenoksid, ammoniakk og flyktige organiske sambindingar. I tillegg omfattar det arbeidet med å betre miljøtilstanden, som f.eks. kalking. Meir enn 90 pst. av nedfallet av svovel og nitrogenoksid i Noreg kjem frå kjelder utanfor landegrensene. Resultatområdet omfattar dessutan internasjonalt arbeid, m.a. oppfølging av Konvensjonen om langtransporterte grensekryssande luftforureiningar.
Tabell 9.9 Mål- og indikatortabell for resultatområde 4 underområde 3 langtransporterte luftforureiningar 1
Nasjonale mål | Miljøforvaltningas arbeidsmål | Miljøforvaltningas resultatindikatorar |
---|---|---|
1. Etablering av internasjonale avtaler som gir reduksjonar i utsleppa av svoveldioksid, nitrogenoksid, flyktige organiske sam bindingar og ammoniakk, slik at påverknaden av naturen blir halden innanfor kritiske belastningsgrenser (naturens tålegrense), og slik at menneskeleg helse og miljøet ikkje tek skade. | 1.1. Medverke til å utvikle fagleg grunnlag for og ta initiativ til utvikling av nye internasjonale avtaler som gir utsleppsreduksjonar i samsvar med det nasjonale målet. | Del av økosystem i respektive Noreg og heile avtaleområdet som er verna mot overskriding av tolegrenser for forsuring, bakkenært ozon og overgjødsling. |
1 Resultatmålet reflekterer dei plikter Noreg har teke på seg under ECE-konvensjonen om langtransportert grensekryssande luftforureiningar.
Statusbeskriving
Arbeidsmål 1.1. Medverke til å utvikle fagleg grunnlag for og ta initiativ til utvikling av nye internasjonale avtaler som gir utsleppsreduksjonar i samsvar med det nasjonale målet.
Noreg er avhengig av omfattande reduksjonar av utslepp i Europa for å løyse miljøproblema som skriv seg frå langtransportert luftforureining. Det vart i 1999 vedteke ein protokoll om reduksjon av forsuring, overgjødsling og bakkenært ozon (Gøteborgprotokollen) under ECE-konvensjonen om langtransportert grensekryssande luftforureining. Protokollen trådde i kraft 17. mai 2005. 24 partar har ratifisert den per 28. august 2008.
Protokollen regulerer landa sine utslepp av svoveldioksid (SO2), nitrogenoksid (NOx), ammoniakk (NH3) og flyktige organiske sambindingar (VOC). Noregs plikter i høve til protokollen er reflekterte i dei nasjonale måla.
I 1980 var tolegrensene for forsuring av overflatevatn overskridne på 42 pst. av Noregs areal, jf. ny kunnskap presentert i St.meld. nr. 26 (2006-2007) Regjeringens miljøpolitikk og rikets miljøtilstand. Denne delen var redusert til om lag 23 pst. i 2000. Med full effekt av Gøteborgprotokollen vil område med overskridingar av tolegrenser for forsuring bli ytterlegare reduserte. Likevel er det venta at tolegrensene vil vere overskridne på om lag 11 pst. av arealet i Noreg i 2010. Gøteborgprotokollen inneheld ei føresegn om at partane eitt år etter at protokollen trer i kraft skal vurdere om forpliktingane er tilstrekkelege til å nå dei langsiktige måla om at forureiningane ikkje skal overstige tolegrensene i naturen for forsuring, overgjødsling og bakkenært ozon. Ein treng omfattande fagleg kunnskap, analysar og overvaking av forureiningsbelastninga og miljøtilstanden for å utvikle effektive internasjonale avtaler som byggjer på tolegrensene i naturen og kritiske belastningsgrenser for menneskeleg helse. Styringsorganet for Konvensjonen om langtransportert grensekryssande luftforureningar vedtok i desember 2007 å starte forhandlingar om revisjon av Gøteborgprotokollen. I 2008 har det vore arbeidd med det faglege grunnlaget for ein slik revisjon.
Tabell 9.10 Mål- og indikatortabell for resultatområde 4 underområde 3 langtransporterte luftforureiningar: Utslepp av svoveldioksid (SO2)1
Nasjonale mål | Miljøforvaltningas arbeidsmål | Miljøforvaltningas resultatindika torar |
---|---|---|
2. Dei årlege utsleppa av svoveldioksid (SO2) skal maksimalt vere 22 000 tonn f.o.m. 2010. | 2.1. I samarbeid med aktuelle sektordepartement sjå til at Noreg reduserer dei årlege utsleppa av svoveldioksid i samsvar med det nasjonale målet. | Utvikling i nasjonale utslepp. Del av utsleppa som er omfatta av verkemiddel og styrken på verke midla (kr/eining utslepp) i høve til ulike sektorar. |
1 Resultatmålet reflekterer dei plikter Noreg har teke på seg for utslepp av svoveldioksid (SO2) i Gøteborgprotokollen
Statusbeskriving
Arbeidsmål 2.1. I samarbeid med aktuelle sektordepartement sjå til at Noreg reduserer dei årlege utsleppa av svoveldioksid i samsvar med det nasjonale målet.
Det er ifølgje framskrivingane av utsleppa av svoveldioksid (SO2) rekna med at dei norske utsleppa utan nye miljøtiltak vil vere om lag 25 400 tonn i 2010. Utsleppa var 21 000 tonn i 2006, mens førebels tal presentert av Statistisk sentralbyrå i juni 2008 syner at utsleppa av SO2 var på 19 700 tonn i 2007. Noreg overheld den internasjonale forpliktinga for SO2 som går fram av svovelprotokollen frå 1994. Noreg overheld òg forpliktinga i Gøteborgprotokollen der dei årlege utsleppa innan 2010 må vere maksimalt 22 000 tonn.
På bakgrunn av forpliktinga i Gøteborgprotokollen har Miljøverndepartementet og Norsk Industri, tidlegare Prosessindustriens Landsforeining (PIL), inngått ein intensjonsavtale om reduksjonar i svovelutsleppa. Då avtala vart inngått, forplikta prosessindustrien seg til å redusere dei årlege utsleppa av SO2 med minimum 5 000 tonn. Prosessindustrien tok dessutan på seg å leggje fram konkrete forslag til korleis ein slik utsleppsreduksjon kan gjennomførast, og samtidig leggje fram forslag til korleis ein samla reduksjon på 7 000 tonn kan gjennomførast på ein måte som er kostnadseffektiv for Noreg. Utslepp frå den enkelte verksemda blir regulerte i utsleppsløyve frå Statens forureiningstilsyn (SFT). Stortinget vedtok på denne bakgrunnen å fjerne avgifta for utslepp av SO2 frå bruk av kol og koks og frå raffineria frå 1. januar 2002. Det er venta at gjennomføring av avtala med Norsk Industri vil sikre at Noreg innfrir kravet i Gøteborgprotokollen om utslepp av SO2.
Tabell 9.11 Mål- og indikatortabell for resultatområde 4 underområde 3 langtransporterte luftforureiningar Utslepp av nitrogenoksid (NOx)1
Nasjonale mål | Miljøforvaltningas arbeidsmål | Miljøforvaltningas resultatindikatorar |
---|---|---|
3. Dei årlege utsleppa av nitrogenoksid (NOx) skal maksimalt vere 156 000 tonn f.o.m. 2010. Fram til 2010 skal dei årlege utsleppa ikkje overstige nivået i 1987 (dvs. 213 000 tonn). | 3.1. I samarbeid med aktuelle sektordepartement sjå til at Noreg reduserer dei årlege utsleppa av nitrogenoksid i samsvar med det nasjonale målet. | Utvikling i nasjonale utslepp. Del av utsleppa som er omfatta av verkemiddel og styrken på verkemidla (kr/eining utslepp) i høve til ulike sektorar. |
1 Resultatmålet reflekterer dei plikter Noreg har teke på seg for utslepp av nitrogenoksid (NOx) i protokollar under ECE-konvensjonen om langtransportert grensekryssande luftforureiningar, inkludert Gøteborgprotokollen
Arbeidsmål 3.1. I samarbeid med aktuelle sektordepartement sjå til at Noreg reduserer dei årlege utsleppa av nitrogenoksid i samsvar med det nasjonale målet.
Framskrivingar viser at dei årlege utsleppa av NOx kan ventast reduserte til om lag 193 000 tonn i 2010, når ein ser bort frå effekten av NOx-avgifta som vart innført frå 1. januar 2007. Førebelse tal presentert av Statistisk sentralbyrå i mai 2008 syner at utsleppa av NOx var på 190 000 tonn i 2007. Dette er ein reduksjon på 0,6 pst. frå 2005 og ligg om lag 28 000 tonn under gjeldande internasjonale krav. For å innfri kravet i Gøteborgprotokollen, kor dei årlege utsleppa av NOx innan 2010 må vere maksimalt 156 000 tonn, må Noreg redusere utsleppa med 18 pst. i høve til 2007.
Utsleppa av NOx er i dag regulerte på ulike måtar. Det blir stilt krav til utslepp frå industri og energiproduksjon gjennom utsleppsløyve etter forureiningslova. Utsleppa av NOx frå køyretøy er regulerte gjennom køyretøyforskriftene til vegtrafikklova. Krava er skjerpa i tråd med utviklinga av EUs regelverk på området. Det vart i 2000 innført differensiert årsavgift på tunge køyretøy etter utsleppa av bl.a. NOx. Denne ordninga vart i 2006 utvida til å omfatte køyretøy med totalvekt over 7,5 tonn. For å redusere utslepp av svevestøv er det innført høgare årsavgift for dieselkøyretøy utan fabrikkmontert partikkelfilter. Desse køyretøya har òg generelt høgare NOx-utslepp. Låg-NOx-brennarar blir tekne i bruk ved installering av nye gassturbinar på norsk sokkel der slik teknologi er kommersielt tilgjengeleg. Sjøfartsorganisasjonen i FN, IMO, har vedteke regelverk som set krav til NOx-utslepp frå skip som er bygde eller oppgraderte 1. januar 2000 eller seinare.
I tråd med Stortingets vedtak sette regjeringa 1. januar 2007 i verk avgift på utslepp av NOx. Avgifta omfattar skip, fly og dieseldriven jernbanetrafikk med framdriftsmaskineri med samla installert effekt på meir enn 750 kW, motorar, kjelar og turbinar i energianlegg med samla innfyrt effekt på meir enn 10 MW, og faklar. Den er anslått å dekkje om lag 55 pst. av dei norsk NOx-utsleppa. Avgifta var for 2007 sett til 15 kr/kg NOx som vart sleppt ut. For 2008 er avgifta sett til 15,39 kr/kg NOx. Stortinget vedtok i samband med innføring av NOx-avgifta at utsleppskjelder omfatta av miljøavtale med staten om gjennomføring av NOx-reduserande tiltak i samsvar med eit fastsett miljømål kan givast mellombels fritak for avgift.
Den 14. mai 2008 vart det inngått ei slik avtale mellom staten ved Miljøverndepartementet og følgjande 14 organisasjonar: Byggevareindustriens Forening, Fiskebåtredernes Forbund, Fiskeri- og Havbruksnæringens Landsforening, Fraktefartøyenes Rederiforening, NHO Luftfart, NHO Reiseliv, Norges Fiskarlag, Norges Rederiforbund, Norsk Fjernvarme, Norsk Industri, Næringslivets Hovedorganisasjon, Oljeindustriens Landsforening Rederienes Landsforening og Hurtigbåtenes Rederiforbund. Det overordna målet for avtalen er å redusere dei samla årlege NOx-utsleppa frå kjelder som er omfatta av avtalen til maksimalt 98 000 tonn. Ifølge avtala tek næringsorganisasjonane på seg å redusere dei årlege NOx-utsleppa med 30 000 tonn. Dette skal skje ved at det blir gjennomført utsleppsreduserande tiltak i enkeltverksemder som sluttar seg til avtala. Verksemder som sluttar seg til avtala, forpliktar seg òg til innbetalingar til Næringslivets NOx-fond, og å gjennomføre utsleppsreduserande tiltak etter avtale med NOx-fondet. Innbetaling skjer i samsvar med den mengda NOx verksemda slepp ut. Betalingssatsen blir fastsett av fondet. NOx-fondet skal gi tilskot til verksemder som gjennomfører kostnadseffektive NOx-tiltak. Utsleppa kan reduserast ved bruk av drivstoff med lågare NOx-utslepp, ved forbetring av forbrenningsprosessane eller ved montering av reinseutstyr, bl.a. bruk av katalysator på skip. Verksemder som slutta seg til avtala innan 1. juli 2008 får tilbakebetalt avgift som er innbetalt frå 1. januar 2008. Avgiftsfritaket gjeld i tre år – 2008, 2009 og 2010. Utsleppsreduksjonane skal vere fullt ut gjennomførte innan utgangen av 2011. Dersom næringsorganisasjonane har oppfylt mindre enn 90 pst. av den årlege forpliktinga innan fristen, må verksemdene betale avgift for det aktuelle året. Avgiftssatsen blir i så fall redusert med den prosentvise delen av forpliktinga som er oppnådd.
EFTAs overvakingsorgan (ESA) vedtok 16. juli 2008 å ikkje framsetje innvendingar mot avgiftsfritaket for verksemder som er tilslutta NOx-avtala. Avtala vil bidra vesentleg til at Noreg overheld NOx-forpliktinga i Gøteborgprotokollen.
Tabell 9.12 Mål- og indikatortabell for resultatområde 4 underområde 3 langtransporterte luftforureiningar Utslepp av flyktige organiske sambindingar (VOC)1
Nasjonale mål | Miljøforvaltningas arbeidsmål | Miljøforvaltningas resultatindikatorar |
---|---|---|
4. Dei årlege utsleppa av flyktige organiske sambindingar (VOC) skal maksimalt vere 195 000 tonn f.o.m. 2010. Fram til 2010 skal dei årlege utsleppa ikkje overstige nivået i 1988 (dvs. 252 000 tonn). Dei årlege utsleppa av VOC frå heile fastlandet og norsk økonomisk sone sør for 62. breiddegrad skal ikkje overstige 70 pst. av nivået i 1989 (dvs. 192 000 tonn). | 4.1. I samarbeid med aktuelle sektordepartement sjå til at Noreg reduserer dei årlege utsleppa av flyktige organiske sambindingar i samsvar med det nasjonale målet. | Utvikling i nasjonale utslepp. Del av utsleppa som er omfatta av verkemiddel og styrken på verkemidla (kr/eining utslepp) i høve til ulike sektorar. |
1 Resultatmålet reflekterer dei plikter Noreg har teke på seg for utslepp av flyktige organiske sambindingar (VOC) i protokollar under ECE-konvensjonen om langtransportert grensekryssande luftforureiningar, inkludert Gøteborgprotokollen.
Statusbeskriving:
Arbeidsmål 4.1. I samarbeid med aktuelle sektordepartement sjå til at Noreg reduserer dei årlege utsleppa av flyktige organiske sambindingar i samsvar med det nasjonale målet.
Noregs utslepp av VOC var i 2007 for første gongen lågare enn forpliktinga i Gøteborgprotokollen om å redusere dei samla årlege utsleppa av VOC til maksimalt 195 000 tonn innan 2010.
Dei samla norske utsleppa av VOC auka med 32 pst. frå 1990 til 2001. Frå 2001 til 2006 vart utsleppa reduserte med 50 pst. I 2006 var utsleppa av VOC 196 000 tonn. Førebelse tal presentert av Statistisk sentralbyrå i mai 2008 syner at utsleppa av VOC i 2007 var 191 000 tonn. Forpliktinga vår under VOC-protokollen av 1991 svarar til eit samla årleg utslepp på maksimalt 252 000 tonn. Dette inneber at Noreg også i 2007 overheld denne forpliktinga. Noreg har i VOC-protokollen av 1991 ei særskilt forplikting til å redusere utsleppa av VOC frå fastlandet og den økonomiske sona sør for 62. breiddegrad. Vi overheld også dette kravet i 2007. For å redusere utsleppa til eit nivå som er innafor det vi har forplikta oss til internasjonalt, er utsleppa av VOC frå lasting og lagring av råolje på sokkelen regulerte gjennom utsleppsløyve etter forureiningslova. Noreg har gjennom forskrifter gjennomført eit EU-direktiv om å redusere VOC-utsleppa frå lagring og distribusjon av bensin frå terminalar til bensinstasjonar, eit direktiv om utslepp av VOC frå bruk av løysemiddel i visse verksemder og anlegg, og eit anna direktiv om VOC i maling og lakk. Det er venta at desse reguleringane er tilstrekkelege til at Noreg oppfyller VOC-krava både i VOC-protokollen av 1991 og i Gøteborgprotokollen også i åra framover.
Tabell 9.13 Mål- og indikatortabell for resultatområde 4 underområde 3 langtransporterte luftforureiningar Utslepp av ammoniakk (NH3)1
Nasjonale mål | Miljøforvaltningas arbeidsmål | Miljøforvaltningas resultatindika torar |
---|---|---|
5. Dei årlege utsleppa av ammoniakk (NH3) skal maksimalt vere 23 000 tonn f.o.m. 2010. | 5.1. I samarbeid med aktuelle sektordepartement sjå til at Noreg reduserer dei årlege utsleppa av ammoniakk i samsvar med det nasjonale målet. | Utvikling i nasjonale utslepp. Del av utsleppa som er omfatta av verkemiddel og styrken på verkemidla (kr/eining utslepp) i høve til ulike sektorar. |
1 Resultatmålet reflekterer dei plikter Noreg har teke på seg for utslepp av ammoniakk (NH3) i Gøteborgprotokollen.
Arbeidsmål 5.1. I samarbeid med aktuelle sektordepartement sjå til at Noreg reduserer dei årlege utsleppa av ammoniakk i samsvar med det nasjonale målet.
Førebelse tal presentert av Statistisk sentralbyrå i mai 2008 syner at utsleppa av ammoniakk i 2007 var 22 400 tonn. Utsleppa av ammoniakk i Noreg auka med om lag 10 pst. i perioden 1990-2007. Auken skuldast i hovudsak auka utslepp av ammoniakk frå landbruket og frå personbilar med trevegs katalysator. Knapt 90 pst. av ammoniakkutsleppa i Noreg skjer i landbruket. Det er venta at utsleppa vil endre seg lite fram mot 2010 utan nye tiltak. For å innfri krava etter Gøteborgprotokollen må Noreg frå 2010 halde dei årlege utsleppa av ammoniakk om lag på same nivå som i 2007.
Landbruks- og matdepartementet har innarbeidd Gøteborgprotokollens krav til utforming av husdyrrom og gjødsellager for ekstra store svine- og fjørfebesetningar i forskrift om gjødselvarer mv., av organisk opphav. Nyare utsleppskrav til køyretøy er utforma slik at ammoniakkutsleppa ikkje er venta å auke. Det er venta at dei samla norske utsleppa av ammoniakk vil endre seg lite fram mot 2010 og 2020 utan nye tiltak.
Verkemiddel
Finansiering av arbeidet under resultatområde 4, underområde 3 langtransportert luftforureining, blir i hovudsak dekt under kap. 1400 og kap. 1441. Kostnadar til kalking blir dekte under kap. 1427.
Regjeringa vil føre vidare den aktive medverknaden frå Noreg si side i det omfattande internasjonale samarbeidet knytt til forsking, utgreiing og kartlegging av miljøproblem som skuldast langtransportert luftforureining. Dette arbeidet omfattar bl.a. overvaking, undersøkingar og analysar for å etterprøve at dei protokollane som allereie er i kraft har hatt dei venta miljøeffektane, og som grunnlag for forhandlingar om moglege nye protokollar. Dei nasjonale overvakingsprogramma, forskingsprogram under Noregs forskingsråd, og Miljøverndepartementets program Naturens tolegrenser, er sentrale for å leggje grunnlag for nye avtaler om langtransportert luftforureining. Miljøforvaltninga medverkar vidare til å finansiere dei internasjonale programma under Konvensjonen om langtransportert grensekryssande luftforureining.
I samband med forhandlingar om nye avtalar og som grunnlag for val av tiltak og verkemiddel for å overhalde Noregs plikter når det gjeld utsleppsreduksjonar, analyserer miljøforvaltninga, i samarbeid med andre styresmakter, bl.a. potensialet for utsleppsreduksjonar ved ulike tiltak og verkemiddel, og kostnadar ved desse.
I tråd med Stortingets vedtak, sette Regjeringa 1. januar 2007 i verk avgift på 15 kr/kg utslepp av NOx. Regjeringa foreslår ingen endring i avgifta utover prisjustering for 2009. I tråd med avtalen mellom staten ved Miljøverndepartementet og næringsorganisasjonane vil verksemder som sluttar seg til denne få fritak for NOx-avgift ut 2010. Statens forureiningstilsyn arbeider med å fastsetje nye krav etter forureiningslova til utsleppa til luft frå stasjonære kjelder på land og offshore, i tråd med EU-direktivet om integrert forureiningskontroll (IPPC-direktivet). Regjeringa vurderer no kva for ytterlegare reduksjonar som kan gjennomføres i NOx-utsleppa frå kjelder som ikkje er omfatta av avtalen med næringsorganisasjonane, mellom anna fartøy som ikkje er omfatta av NOx-avgifta. Statens forureiningstilsyn har fått nye oppgåver med å utvikle betre utsleppsfaktorar og medverke i arbeidet med verifikasjon og kontrollar av utslepp. Det er sett av ekstra løyvingar til dette arbeidet.
Som det går fram av statusbeskrivinga har ein no i hovudsak avklart kva for verkemiddel som skal nyttast for å overhalde forpliktingane i Gøteborgprotokollen om dei samla utsleppa av SO2, NOx, VOC og ammoniakk. Ein vil følgje utviklinga i utslepp av desse gassane og fortløpande vurdere om det er behov for endringar i verkemidla eller om det er behov for nye verkemiddel. Regjeringa vil i Perspektivmeldinga 2008 leggje fram nye framskrivingar for utslepp av miljøskadelege utslepp til luft.
Styringsorganet for Konvensjonen om langtransportert grensekryssande luftforureiningar vedtok i desember 2007 å starte forhandlingar om revisjon av Gøteborgprotokollen, med sikte på å vedta nye utsleppsforpliktingar i desember 2009. Ein gjennomgang av dei forventa miljøeffektane viser at den noverande protokollen bidrar til effektive reduksjonar av utsleppa som gir skader på økosystem (bl.a forsuring) og på menneskjers helse, men at vi enno vil ha utslepp til luft som overskrid naturens tålegrenser for forureining og utslepp som gir helseskadar, sjølv når den protokollen har full effekt. Det er i samband med revisjon av Gøteborgprotokollen også aktuelt å regulere partane sine utslepp av partiklar som bidrar til helseproblem. Det er mest aktuelt at nye utsleppsforpliktingar vil gjelde frå 2020.
Regjeringa vil føre vidare Noregs aktive deltaking i arbeidet med å utvikle avtaler under Konvensjonen om langtransportert grensekryssande luftforureiningar. I arbeidet med å revidere Gøteborgprotokollen vil regjeringa leggje vekt på å utvikle ein ny effektbasert avtale der landa tek på seg utsleppsforpliktingar som fører til at utsleppa som bidreg til overskriding av kritiske belastningsgrenser blir redusert på ein effektiv måte. Noreg vil òg leggje vekt på få til ei avtale som flest mogleg av landa i Søraust-Europa, Aust-Europa, Kaukasus og Sentral-Asia vil slutte seg til.
Regjeringa arbeider innanfor FN sin sjøfartsorganisasjon IMO for å utvikle eit meir effektivt regelverk for å redusere utsleppa til luft frå skipsfarten. Noreg tok saman med ei gruppe av land i 2005 initiativ til å revidere MARPOL Anneks VI som vart vedteken i 1997 og stiller krav til utslepp til luft frå skip. Gjennomgangen gjaldt krav til utslepp av SO2, NOx, VOC og partiklar og målet for møtet i IMOs miljøkomité i mars 2008 var å ferdigstille revisjon av MARPOL Annex VI slik at dei nye reglane endeleg kan vedtas for å tre i kraft i 2010. Noreg sendte, saman med Tyskland og Finland, inn eit forslag til ei heilheteleg pakke av nye utsleppskrav for Annex VI. Noreg presenterte også miljøeffektane av dette forslaget. Etter intense forhandlingar vart det semje om ei løysning med grunnlag i Noregs forslag. Konsekvensen av svovelkrava er at ein i praksis vil fase ut bruk av tungolje.
Løysinga inneber følgjande: Se tab.9.14 og 9.15 Konsekvenser.
Tabell 9.14 Krav til svovelinnehald i marint drivstoff
Eksisterande krav | Nye krav i spesielle regionar (foreløpig i Nordsjøen og Austersjøen) | Nye globale krav |
---|---|---|
Maks. 4,5 pst. svovel i drivstoff globalt. Maks. 1,5 pst. svovel i drivstoff i spesielle regionar. | Frå 1. mars 2010 maks. 1,0 pst. svovel i drivstoff. Frå 1. januar 2015 maks 0,1 pst. svovel i drivstoff. | Frå 1. januar 2012 maks. 3,5 pst. svovel i drivstoff. Frå 1. januar 2020 maks. 0,5 pst. svovel i drivstoff dersom ein gjennomgang i 2018 viser global tilgang til slikt drivstoff. Dersom det ikkje er god nok tilgang, blir dette kravet utsett til 1. januar 2025. |
Tabell 9.15 Krav til nitrogenoksid (NOx)
Eksisterande krav | Nye krav i spesielle regionar (som blir oppretta etter godkjenning av IMO) | Nye globale krav |
---|---|---|
Maskineri installert på skip etter 1. januar 2000 skal følgje IMOs NOx-kurve. | Frå 1. januar 2016 skal skip bygde og maskineri installert etter denne datoen ha 80 pst. lågare utslepp enn krava i dag når dei er nytta i spesielle regionar. | Frå 1. januar 2011 skal skip bygde og maskineri installert etter denne datoen ha 15-22 pst. lågare utslepp enn krava i dag. Eksisterande maskineri over 5000 kW og sylindervolum over 90 liter installert på skip bygde i perioden 1990-1999 skal tilfredsstille krava i dag dersom ein «godkjent metode» er sertifisert av administrasjonen. |
Når det gjeld krav til flyktige organiske sambindingar (VOC) blei det bestemt at alle tankskip skal ha ein VOC-handteringsplan som inneheld prosedyrar for lastehandtering som minimerer VOC-utsleppa.
Resultatområde 4 underområde 4 Lokal luftkvalitet
Strategisk mål
Lokale problem med luftforureining skal førebyggjast og reduserast slik at ein tek omsyn til helse og trivsel for menneska.
Definisjon og avgrensing
Resultatområdet omfattar arbeidet med å førebyggje og redusere helseskadelege utslepp av dei stoffa som gir redusert luftkvalitet lokalt. Generelt er den lokale luftkvaliteten i Noreg god, men i nokre større byar og tettstader kan lokale luftforureiningar i periodar gi betydelege helse- og trivselsproblem. Hovudkjeldene til dei lokale luftforureiningane er vegtrafikk og vedfyring, men andre kjelder medverkar i tillegg. Resultatområdet omfattar dessutan internasjonalt arbeid, med utvikling og oppfølging av EU-direktiv som det mest sentrale.
Tabell 9.16 Mål- og indikatortabell for resultatområde 4 underområde 4 lokal luftkvalitet
Nasjonale mål | Miljøforvaltningas arbeidsmål | Miljøforvaltningas resultatindikatorar |
---|---|---|
1. Døgnmiddelkonsentrasjonen av svevestøv (PM10) skal innan 2005 ikkje overskride 50 µg/m3 meir enn 25 dagar pr. år og innan 2010 ikkje meir enn 7 dagar pr. år. | 1.1. Medverke til å nå dei nasjonale måla for svevestøv ved å syte for reduserte utslepp frå stasjonære kjelder og betre miljøkvalitet på drivstoff. | Utslepp av svevestøv (PM10) frå stasjonære kjelder. Betring av drivstoffkvalitetar. |
Statusbeskriving:
Arbeidsmål 1.1. Medverke til å nå dei nasjonale måla for luftkvalitet ved å syte for reduserte utslepp frå stasjonære kjelder og betre miljøkvalitet på drivstoff.
Målingar viser at det nasjonale resultatmålet for svevestøv som gjeld frå 2005 overskrides i fleire byområde i Noreg. I 2007 vart det registrert overskridingar av 2005-målet i Oslo, Trondheim, Drammen, Tromsø, Grenland, Lillehammer og Mo i Rana. Det kan i tillegg vere andre, mindre byar som har overskridingar av nasjonale mål. Overskridingane skjer i hovudsak i område langs dei mest trafikkerte vegane. Nivåa for svevestøv vil bli reduserte fram mot 2010, men det vil bli vanskelig å nå det nasjonale målet for svevestøv for 2010 utan ytterlegare tiltak eller ein auke i styrken av eksisterande tiltak. Dei fleste som blir utsette for overskridingar av det nasjonale målet for 2010 vil vere busette i sentrumsnære byområde og langs dei mest trafikkerte hovudvegane. Utrekningar viser at i 2005 vart rundt 230 000 menneske i Oslo utsette for konsentrasjonar som var høgare enn det nasjonale målet for 2010. Endå fleire vart utsette for forureining som kan gi helseverknader for spesielt utsette grupper. Det må setjast i verk ytterlegare tiltak for å nå dei nasjonale måla for svevestøv. Utsleppet av svevestøv (PM10) frå stasjonære kjelder (inkludert offshore) er redusert med 23 pst. mellom 1990 og 2006.
Fyring med ved er fleire stader ei vesentleg kjelde til luftforureining (svevestøv), spesielt på kalde dagar om vinteren. Dette gjeld spesielt dei minste partiklane. Utslepp frå vedfyring gjekk ned med 13 pst. frå 1990 til 2006 fordi stadig fleire skifter ut gamle forureinande omnar med nyare og meir miljøvennlege omnar. I tillegg til svevestøv medverkar vedfyring til utslepp av andre helseskadelege sambindingar. Utslepp frå store, stasjonære kjelder kan i dag føre til enkelte overskridingar av dei nasjonale resultatmåla.
Også vegtrafikken er ein hovudbidragsytar til partikkelforureining gjennom eksosgassar og vegslitasje. Gjennom nye krav til utslepp frå tunge køyretøy, kvaliteten på drivstoff og redusert piggdekkbruk er utsleppa av svevestøv frå vegtrafikken blitt reduserte med 44-45 pst. frå 1990 til 2006.
Tabell 9.17 Mål- og indikatortabell for resultatområde 4 underområde 4 lokal luftkvalitet
Nasjonale mål | Miljøforvaltningas arbeidsmål | Miljøforvaltningas resultatindikatorar |
---|---|---|
2. Timemiddelkonsentrasjonen av nitrogendioksid (NO2) skal innan 2010 ikkje overskride 150 µg/m3 meir enn 8 timar pr. år. | 2.l. Medverke til å nå dei nasjonale måla for nitrogendioksid ved å syte for reduserte utslepp frå stasjonære kjelder og betre miljøkvalitet på drivstoff. | Utslipp av nitrogendioksid (NO2) frå stasjonære kjelder. Betring av drivstoffkvalitetar. |
Statusbeskriving:
Arbeidsmål 2.1. Medverke til å nå dei nasjonale måla for nitrogendioksid ved å syte for reduserte utslepp frå stasjonære kjelder og betre miljøkvalitet på drivstoff.
Vegtrafikk er den dominerande kjelda til lokal luftforureining. For nitrogendioksidkonsentrasjonar (NO2) i byar og langs vegar er eksosgassar frå vegtrafikk hovudkjelda. Utsleppa av nitrogenoksid, NOx (NO2 og NO) frå vegtrafikk er redusert med 54 pst. frå 1990 til 2006 som følgje av innførte avgasskrav, men effekten har vore størst for NO. NO2-konsentrasjonane har vore stabile eller aukande dei seinare åra.
Tabell 9.18 Mål- og indikatortabell for resultatområde 4 underområde 4 lokal luftkvalitet
Nasjonale mål | Miljøforvaltningas arbeidsmål | Miljøforvaltningas resultatindikatorar |
---|---|---|
3. Døgnmiddelkonsentrasjonen av svoveldioksid (SO2) skal ikkje overskride 90 µg/m3. | 3.1. Medverke til å nå dei nasjonale måla for svoveldioksid ved å syte for reduserte utslepp frå stasjonære kjelder og betre miljøkvalitet på drivstoff. | Utslepp av SO2 frå stasjonære kjelder. Betring av drivstoffkvalitetar. |
Statusbeskriving:
Arbeidsmål 3.1. Medverke til å nå dei nasjonale måla for svoveldioksid ved å syte for reduserte utslepp frå stasjonære kjelder og betre miljøkvalitet på drivstoff.
Konsentrasjonane av svoveldioksid er generelt låge, og målet for svoveldioksid er i stor grad vurdert til å vere nådd i Noreg. Årstalet i målet (var 2005) er teke ut, men målet blir vidareført.
Tabell 9.19 Mål- og indikatortabell for resultatområde 4 underområde 4 lokal luftkvalitet
Nasjonale mål | Miljøforvaltningas arbeidsmål | Miljøforvaltningas resultatindikatorar |
---|---|---|
4. Årsmiddelkonsentrasjonen av benzen skal innan 2010 ikkje overskride 2 µg/m3 som bybakgrunnsverdi. | 4.1. Medverke til å nå dei nasjonale måla for benzen ved å syte for reduserte utslepp frå stasjonære kjelder og betre miljøkvalitet på drivstoff. | Utslepp av benzen frå stasjonære kjelder. Betring av drivstoffkvalitetar. |
Statusbeskriving:
Arbeidsmål 4.1. Medverke til å nå dei nasjonale måla for benzen ved å syte for reduserte utslepp frå stasjonære kjelder og betre miljøkvalitet på drivstoff.
Konsentrasjonen av benzen i by- og tettstadsluft vil truleg vere innafor det nasjonale målet som gjeld frå 2010.
Verkemiddel
Budsjettmidlar til faglege utgreiingar, forsking og miljøovervaking utgjer eit viktig og nødvendig grunnlag for arbeidet med lokal luftkvalitet, og blir dekte under kap. 1441 og 1410. Resultat frå miljøovervaking blir nytta vidare i utrekningsmodellar, utgreiingar av tiltak og i dose-responssamanhengar. Budsjettmidlane blir dessutan nytta til å utvikle verktøy og metodar.
Føresegna om lokal luftkvalitet i forskrift 1. juni 2004 nr. 931 om avgrensing av forureining (forureiningsforskrifta) kapittel 7 er det sentrale verkemidlet på området lokal luftkvalitet. I føresegna er kommunane gjort til forureiningsstyresmakt for lokal luft. Forskrifta set grenseverdiar for konsentrasjonane av ei rekkje stoff og set krav til målingar, utrekningar, tiltaksutgreiingar og rapportering. I tilknyting til føresegna følgjer det dessutan ein rettleiar. Det går føre eit oppfølgingsarbeid for å sikre at forskrifta blir etterlevd. Eit nytt EU-direktiv om tungmetall og polyaromatiske hydrokarboner (PAH) er gjennomført i forureiningsforskrifta og trådde i kraft 1. juli 2007. EU har i april 2008 vedteke ei samanslåing av ei rekkje luftkvalitetsdirektiv og har i tillegg fastsetje ny regulering av svevestøv storleik PM2.5.
Gjennom føresegna om kvaliteten på bensin og autodiesel til bruk i motorvogner i forskrift 1. juni 2004 nr. 922 om avgrensing i bruk av helse- og miljøfarlege kjemikaliar og andre produkt (produktforskrifta), implementerer Noreg EU-direktiv på området. I 2005 vart det innført eit avgiftsinsentiv basert på svovelinnhaldet i drivstoff. Formålet var å få til ein rask overgang til svovelfritt drivstoff. Reduksjon av svovelinnhaldet medverkar til å betre luftkvaliteten og sikre full utnytting av ny og meir miljøvennleg teknologi. Avgiftsinsentivet har vist seg svært effektivt då drivstoff til veggåande køyretøy i hovudsak no er svovelfritt. I 2008 ble det fastsette nye krav til svovelinnhald i anleggsdiesel.
Utslepp frå transport og vedfyring står for ein stor del av kjeldene til lokal luftforureining. Ytterlegare tiltak for reduksjon av utslepp frå samferdselssektoren og vedfyring er under utgreiing. For å redusere utslipp av svevestøv er det innført høgare årsavgift for dieselkøyretøy utan fabrikkmontert partikkelfilter (sjå nærare omtale i St.prp. nr. 1 (2007-2008) for Finansdepartementet). Det er behov for å intensivere arbeidet med luftforureining og å setje i verk meir omfattande tiltak. Det er vidare behov for å sjå meir samla på ulike tiltak og verkemiddel som påverkar luftforureininga. Det vil i samarbeid med aktuelle styresmakter bli utarbeidd ein handlingsplan for å betre den lokale luftkvaliteten, der det bl.a. vil bli identifisert nye og/ eller styrkt eksisterande tiltak og verkemiddel.
Dessutan har Fylkesmannen ansvar for oppgåver under resultatområde 4. Ein viser til nærare omtale av desse under resultatområde 7.
Resultatområde 4 – underområde 5 Støy
Strategisk mål
Støyproblem skal førebyggjast og reduserast slik at det blir teke omsyn til helse og trivsel for menneska.
Definisjon og avgrensing
Resultatområdet omfattar arbeidet med å førebyggje og redusere dei støyproblema som gir negative helse- og trivselseffektar. Vidare står arbeidet med å fremje stille (fråvere av støy) som miljøkvalitet sentralt. Hovudkjelda til støyplager er vegtrafikk, men ei rekkje andre kjelder medverkar òg. Resultatområdet omfattar dessutan internasjonalt arbeid, med utvikling og oppfølging av EU-direktiv som det mest sentrale.
Tabell 9.20 Mål- og indikatortabell for resultatområde 4 underområde 5 Støy
Nasjonale resultatmål | Miljøforvaltningas arbeidsmål | Miljøforvaltningas resultatindikatorar |
---|---|---|
1. Støyplaga skal reduserast med 10 pst. innan 2020 i forhold til 19991. | 1.1. Samarbeide med andre styresmakter med ansvar på området og følgje opp regelverk. | Samla støyplage (SPI) frå alle kartlagde kjelder, spesielt SPI for industri, motorsport og skytebaner. |
1 Berekna utan befolkningsvekst.
Statusbeskriving
Arbeidsmål 1.1. Samarbeide med andre styresmakter med ansvar på området og følgje opp regelverk.
Støy er blant dei miljøproblema som rammar flest menneske i Noreg. Rundt 1,7 millionar personar er utsette for et gjennomsnittleg støynivå over 50 dB ved bustaden sin. Støy frå samferdsel utgjer til saman opp mot 90 pst. av kartlagt støyplage, der vegtrafikk åleine står for nesten 80 pst. Til trass for at tala viser at det i perioden 1999-2006 har vore ein nedgang i støyplaga frå luftfarten og frå jernbane, har det vore ein samla auke i støyplaga på ca. 3 pst. i same tidsperiode. Auken i støyplage skuldast i hovudsak auka vegtrafikk, men auka busetnad i trafikkerte område har òg medverka. Det er dei ulike sektordepartementa som har hovudansvaret for å sikre ein reduksjon av støyplaga innafor sin samfunnssektor, og medverke til at det nasjonale resultatmålet for støy kan bli nådd. Skal ein nå målet er det behov for nye tiltak og verkemiddel, særleg retta inn mot støy frå vegtrafikken.
Regjeringa lanserte i mai 2007 ein handlingsplan mot støy for perioden 2007–2011. Denne er første fase på vegen for å nå dei nasjonale måla og vil leggje føring for arbeidet dei næraste åra. Handlingsplanen tek opp dei viktigaste støykjeldene, og det er presentert tiltak for å redusere støyen frå desse. I denne perioden bør mykje av satsinga vere konsentrert om FoU-arbeid og utvikling av verkemidel.
Miljøstyresmaktene følgjer opp status og utvikling i støyutsleppa og støyplaga generelt. Miljøstyresmaktene vil engasjere seg – i samspel med sektorstyresmaktene – med sikte på at det blir utvikla meir støysvake køyretøy, bildekk og vegdekke. Miljøstyresmaktene har vidare eit ansvar for å medverke til redusert støyplage frå dei ulike kjeldene der miljøstyresmaktene sjølve har verkemiddel – konsesjonspliktig industri og næringsverksemd, skytebaner, motorsportsbaner og enkelte produkt.
Tabell 9.21 Mål- og indikatortabell for resultatområde 4 underområde 5 Støy
Nasjonale resultatmål | Miljøforvaltningas arbeidsmål | Miljøforvaltningas resultatindikatorar |
---|---|---|
2. Talet på personar utsette for over 38 dB innandørs støynivå skal reduserast med 30 pst. innan 2020 i forhold til 20051. | 2.1. Utarbeide regelverk som medverkar til å nå det nasjonale målet og samarbeide med andre styresmakter med ansvar på området. | Reell reduksjon i talet på personar som er utsette for over 38 dB innandørs støynivå. |
1 Det nasjonale målet om reduksjon i talet på personar som er utsette for over 38 dB innandørs støynivå, tek utgangspunkt i overordna berekningar av talet på støyutsette bustader der utrekningane er gjort med skjematisk fasadedemping utan omsyn til ventilar i fasade.
Arbeidsmål 2.1. Utarbeide regelverk som bidrar til å nå det nasjonale målet og samarbeide med andre styresmakter med ansvar på området.
Same omsyn som for arbeidsmål 1.1. ligg føre også for arbeidet med innandørs støynivå. Tallene frå 2007 viser at det er ca. 46 000 personar som er utsette for eit innandørs støynivå over 38 dB. Tiltak vil bli fortløpande vurderte på grunnlag av statistiske tilbakemeldingar om utvikling på området, under dette strengare forskriftskrav og fokus på samarbeidsområde. Miljøforvaltninga tek sikte på å endre grensa for gjennomføring av støyreduserande tiltak i 5. kapittel i forureiningslova frå 42 dB med stengde ventilar, til 42 dB med opne ventilar. Frist for gjennomføring er 1. januar 2020 og har ein venta kostnad på 1,4 mrd. kroner.
Verkemiddel
Støyproblem skal førebyggjast og reduserast slik at det blir teke omsyn til helse og trivsel for menneska.
Budsjettmidlar til faglege utgreiingar, forsking og miljøovervaking utgjer eit viktig og nødvendig grunnlag for arbeidet med støy, og blir dekte over kap. 1441, 1400 og 1410. Miljøovervaking er innhenting av tal over utslepp og andre miljødata, og blir nytta bl.a. i utrekningsmodellar, utgreiingar av tiltak og rapportering av resultat. Både utgreiingsmidlar og forskingsmidlar blir nytta for å utvikle vidare den nasjonale støymodellen for utrekning og oppfølging av støyplaga på tvers av kjelder. Forskings- og utgreiingsmidlar skal vidare nyttast til kompetanseoppbygging i dei støyfaglege miljøa og i høgare utdanning, og til EU-arbeid og internasjonale prosessar.
Kapittel 5 om støy i forskrift om avgrensing av forureining av 1. juni 2004 set krav til gjennomføring av utbetringstiltak for dei som er utsette for innandørsstøy over 42 dB i gjennomsnitt over døgnet.
Støy frå bl.a. industri, motorsport og skytebaner kan regulerast gjennom konsesjonssystemet i forureiningslova. Lova om produktkontroll heimlar støykrav til produkt, og er nytta til å gi forskrifter om bl.a. leiketøy, fritidsbåtar m.m.
Ein fornuftig arealbruk etter plan- og bygningslova er eit viktig verkemiddel for å førebyggje støyproblem. Plansystemet blir nytta til å bestemme lokaliseringa av støykjelder, og til å regulere utnyttinga av areal som ligg omkring kjeldene. Rikspolitiske retningslinjer for samordna areal- og transportplanlegging skal leggjast til grunn for all planlegging og utøving av mynde i kommunar, fylkeskommunar og hos statlege organ. Det er gitt ei felles retningslinje for behandling av støy i plansaker, med fokus på dei største støykjeldene.
Dessutan har Fylkesmannen ansvar for store oppgåver under resultatområde 4. Ein viser til nærare omtale av desse under resultatområde 7. Midlar til lønn og drift for desse oppgåvene er budsjetterte på kap. 1510 Fylkesmannsembeta, under Fornyings- og administrasjonsdepartementets budsjett.
10 Resultatområde 5 Internasjonalt samarbeid og miljø i nord- og polarområda
Resultatområdet omfattar følgjande underområde:
5.1 Samarbeid i internasjonale organisasjonar på miljøområdet, bl.a. EUs miljøsamarbeid og UNEP
5.2 Andre avtaler, organisasjonar o.a. som har stor betydning for miljø, under desse WTO og EFTA
5.3 Geografisk retta miljøsamarbeid
5.4 Miljøsamarbeid i nord- og polarområda
Strategiske mål
Noreg skal vere eit føregangsland i miljøpolitikken, og spele ei aktiv og konstruktiv rolle for å løyse globale og regionale miljøproblem og miljøskadar i Noreg som skuldast aktivitetar og utslepp i andre land. Dette inneber å utvikle og gjennomføre ein ambisiøs og målretta miljøpolitikk både internasjonalt og nasjonalt. Noreg vil vidare leggje stor vekt på å medverke til at internasjonale rammevilkår på andre område enn miljø sikrar ei miljøvennleg utvikling på globalt, regionalt og nasjonalt nivå. Norsk innsats skal betre miljøsituasjonen og sikre ei meir berekraftig utvikling i nærområdet vårt og i utviklingslanda.
Noreg skal betre miljøsituasjonen og sikre ei berekraftig utvikling og medverke til å styrkje miljøvernet i Antarktis og Arktis og elles i Noregs nordlege nærområde. Svalbard skal framstå som eit av dei best forvalta villmarksområda i verda. Noreg skal arbeide for at dei nordlege havområda skal halde fram med å vere blant dei reinaste i verda, og medverke til at det biologiske mangfaldet blir teke vare på. Noreg skal bidra til å redusere utslepp og risiko for utslepp av miljøgifter, klimagassar, radioaktive stoff og anna forureining som kan føre til skade på norsk miljø.
Resultatområde 5 – underområde 1 Samarbeid i internasjonale organisasjonar på miljøområdet, bl.a. EUs miljøsamarbeid og UNEP
Definisjon og avgrensing
Underområdet omfattar arbeidet med å fremje miljøpolitiske prioriteringar og målsetjingar innafor dei internasjonale organisasjonane på miljøområdet, under dette FNs miljøprogram (UNEP) og samarbeid på miljøområdet innan EU/EØS, Organisasjonen for økonomisk samarbeid og utvikling (OECD) og Nordisk Ministerråd (NMR). Underområdet omfattar vidare arbeid med den globale miljøfasiliteten (GEF), FNs kommisjon for berekraftig utvikling (CDS) og EØS-midlane.
Tabell 10.1 Mål- og indikatortabell for resultatområde 5 underområde 1 Samarbeid i internasjonale organisasjonar på miljøområdet, bl.a. EUs miljøsamarbeid og UNEP
Nasjonale mål | Miljøforvaltningas arbeidsmål | Miljøforvaltningas resultatindikatorar |
---|---|---|
1. Arbeide for at politikk og regelverksutvikling i EU/EØS resulterer i høge miljøkrav og ei berekraftig utvikling. | 1.1. Medverke til ein sterk miljødimensjon i utforminga av EUs politikk på prioriterte område for Noreg, som klima/ energi, kjemikaliar, EUs havpolitikk og luftforureining. | Tydelege norske posisjonar fremja i ulike kanalar inn mot EUs avgjerdsprosessar. |
1.2. Sikre at relevante EU- rettsakter blir gjennomførte ope og effektivt i det norske lovverket. | Ingen rettsakter på ESAs resultat tavle. Avhaldne referansegruppemøte. Høyring av sentralt EØS-relevant EU-regelverk. | |
1.3. Medverke til målretta satsing innan miljø- og kulturarvområdet i dei nye medlemslanda i EU i samband med EØS-midlane. | Auka bilateral kontakt med nasjonale og lokale styresmakter i dei nye medlemslanda. |
Statusbeskriving
Arbeidsmål 1.1. Medverke til ein sterk miljødimensjon i utforminga av EUs politikk på prioriterte område for Noreg, som klima/ energi, kjemikaliar, EUs havpolitikk og luftforureining.
Miljøforvaltninga arbeider breitt for tidleg å gjere norsk syn gjeldande på område som er særs viktige for Noreg. Noreg deltek aktivt i Kommisjonens arbeidsgrupper i medhald av EØS-avtala for å medverke til utforminga av nye rettsreglar som blir utarbeidde, utviklar innspel og har uformell kontakt med sentrale aktørar i EU-kommisjonen, Europaparlamentet og EU-medlemslanda omkring saker som er viktige for oss (klimaområdet, kjemikaliepolitikken, EUs havpolitikk og luftforureiningsområdet). Det er lagt stor vekt på god dokumentasjon av norske posisjonar og effektiv formidling av desse. Det er lagt større vekt enn før på konkrete tekstbidrag i riktig fase av regelutviklinga i EU, og på bilateral kontakt og alliansebygging i viktige saker. For å bidra til dette, har vi bl.a. styrkt kapasiteten ved EU-delegasjonen i Brussel (to miljørådar frå 1. desember 2008). I arbeidet med å påverke EUs regelverksutvikling er òg det nordiske samarbeidet sentralt.
Dei fleste direktiva gjeld forureiningsområdet. Vidare vurderer miljøforvaltninga fortløpande rettsutviklinga på naturvernområdet i EU, i tråd med Soria Moria-erklæringa sitt mål om å følgje opp gode miljøinitiativ frå EU og ta i bruk det beste i EUs miljølovgiving, også der den ikkje er omfatta av EØS.
Arbeidsmål 1.2. Sikre at relevante EU-rettsakter blir gjennomførte ope og effektivt i det norske lovverket.
Fleire rettsakter på miljøområdet er innlemma i EØS-avtala i 2008. Det er i denne samanhengen lagt stor vekt på å sikre ei rask og effektiv gjennomføring i norsk lovverk av EU-rettsakter som blir sett på som relevante og akseptable.
Miljøforvaltninga ønskjer å fremje debatt om EUs betydning for norsk miljøpolitikk. Ei opa haldning og medverknad er vektlagt i EU/EØS-arbeidet, og det blir jamleg halde møte i EU/EØS-referansegruppa med deltaking frå næringslivet, partane i arbeidslivet, forskingsinstitusjonar og frivillige organisasjonar. Det blir halde høyringsprosessar for sentralt EØS-relevant EU-regelverk.
Arbeidsmål 1.3. Medverke til målretta satsing innan miljø- og kulturarvområdet i dei nye medlemslanda i EU i samband med EØS-midlane.
Miljø og kulturarv er blant dei viktigaste satsingsområda under EØS-midlane for perioden 2004-2009. Midlane medverkar til gjennomføring av EUs regelverk og auka kontakt mellom Noreg og dei tolv nye EU-medlemslanda frå 2004 og 2007, og Spania, Portugal og Hellas. Norske miljøstyresmakter har dialog med styresmakter i mottakarlanda.
Tabell 10.2 Mål- og indikatortabell for resultatområde 5 underområde 1 Samarbeid i internasjonale organisasjonar på miljøområdet, bl.a. EUs miljøsamarbeid og UNEP
Nasjonale mål | Miljøforvaltningas arbeidsmål | Miljøforvaltningas resultatindikatorar |
---|---|---|
2. Arbeide for at globale og regionale samarbeidsorgan på miljøområdet blir utvikla til effektiv reiskap for utvikling og gjennomføring av miljøpolitikk. | 2.1. Medverke til oppfølging av strategien for berekraftig utvikling i Norden ved å gjennomføre handlingsprogrammet for det nor diske miljøsamarbeidet 2009-2012. | Handlingsprogrammet blir gjen nomført som planlagt. |
2.2. Medverke til at OECD utarbeider fagleg og politisk relevante analysar og retningslinjer til støtte for miljø og berekraftig utvikling i og utanfor OECD-området. | OECDs analysar/tilrådingar er nytta i aktuelle prosessar. | |
2.3. Arbeide for at Kommisjonen for berekraftig utvikling (CSD) blir utvikla vidare som møteplass for berekraftdebatt og katalysator for handling internasjonalt. | 2008-2009: CSDs medverknad til å belyse tema arealforvaltning, tørke, Afrika, jordbruk, rural utvikling og forørkning. | |
2.4. Halde fram arbeidet med å styrkje UNEP politisk og finansielt gjennom oppgradering av UNEP til særorganisasjon på sikt, bl.a. ved å arbeide for å styrkje UNEP si rolle som miljøpolitisk agendasetjar gjennom å styrkje organisasjonen sin normative og vitskaplege kapasitet. | Styrking av UNEPs finansielle grunnlag og rolle i å setje den glo bale miljøpolitiske dagsordenen. Klargjering av UNEPs rolle i for hold til utviklingsaktørane. | |
2.5. Medverke til at miljø kjem institusjonelt styrkt ut av FNs reformprosessar. | Utvikling av prosess under FNs generalforsamling om det internasjonale miljøstyresettet. | |
2.6. Skape gode ordningar for finansiering av globale miljøtiltak. | Klare, operasjonelle tilrådingar frå evalueringa av GEF. |
Statusbeskriving
Arbeidsmål 2.1. Medverke til oppfølging av strategien for berekraftig utvikling i Norden ved å gjennomføre handlingsprogrammet for det nordiske miljøsamarbeidet 2009-2012.
Departementet har medverka til oppfølging av det nordiske miljøhandlingsprogrammet 2005-2008, som er miljøsektorens oppfølging av den nordiske strategien for berekraftig utvikling. Miljøprogrammet er styrande for det ekspertsamarbeidet som skjer i regi av Nordisk Ministerråd. I dette samarbeidet vil det i perioden 2009-2012 vere særlig fokus på områda klima, luftforureining, hav, biologisk mangfald og kjemikaliar.
Arbeidsmål 2.2. Medverke til at OECD utarbeider fagleg og politisk relevante analysar og retningslinjer til støtte for miljø og berekraftig utvikling i og utanfor OECD-området.
I 2009 ligg det an til at OECD vil ha auka fokus på å bidra til relevant analyse til støtte for globale miljøutfordringar som klima og biologisk mangfald. Det er lagt opp til miljøpolitiske vurderingar av kandidatlanda til OECD (Estland, Slovenia, Chile, Israel og Russland), samtidig som OECDs vedtak om styrkt samarbeid med Brasil, Sør-Afrika, Kina, India og Indonesia skal følgjast opp og fyllast med substans frå miljøsida. I 2009 vil det truleg finne stad ei form for felles høgnivåarrangement mellom miljø- og utviklingssida.
Arbeidsmål 2.3. Arbeide for at Kommisjonen for berekraftig utvikling (CSD) blir utvikla vidare som møteplass for berekraftdebatt og katalysator for handling internasjonalt.
I perioden 2008-2009 er CSDs hovudfokus retta mot arealforvaltning, tørke, Afrika, jordbruk, utvikling på landsbygda og forørkning. I 2008 vart status på området gjennomgått, forhandlingar skjer i 2009. Noreg var aktiv i å få belyst samanhengar mellom arealbruk og biobrensel og fremja forslag om at det bør utviklast internasjonale kriterium for biobrensel og at UNEP og FAO saman med andre bør vere aktive i dette arbeidet.
Arbeidsmål 2.4. Halde fram arbeidet for å styrkje UNEP politisk og finansielt gjennom oppgradering av UNEP til særorganisasjon på sikt, bl.a. ved å arbeide for styrkt vitskapskapasitet i UNEP.
FNs miljøvernprogram, UNEP, har sentrale funksjonar for overvaking og analyse og tek initiativ til forhandlingsprosessar om miljøvernavtaler. Noreg legg vekt på å styrkje UNEPs rolle som FNs sentrale miljøautoritet og premissleverandør i globalt miljøarbeid, og ønskjer at UNEP på sikt skal omdannast til ein særorganisasjon under FN. UNEPs styremøte vedtok i 2008 ein ny strategi for organisasjonen for perioden 2010-2013 med seks prioriterte fokusområde, under dette bl.a. klima, forvaltning av økosystem, kjemikaliar og farleg avfall og effektiv ressursbruk.
Vi vil søkje å styrkje UNEPs rolle i det internasjonale havsamarbeidet bl.a. ved å arbeide for eit tettare samarbeid mellom UNEP og IMO og følgje opp det norske forslaget om å gi IPPC i oppdrag å utarbeide ein rapport om skip og klimagassutslepp. Vidare vil vi arbeide for at UNEP i samarbeid med andre internasjonale organ utarbeider internasjonale retningslinjer for biodrivstoff.
Arbeidsmål 2.5. Medverke til at miljø kjem institusjonelt styrkt ut av FNs reformprosessar.
Noreg har delteke aktivt i konsultasjonsprosessane som går føre seg for å styrkje FNs miljøarbeid, og det blir arbeidd for eit vedtak under FNs generalforsamling i haust.
Arbeidsmål 2.6. Skape gode ordningar for finansiering av globale miljøtiltak.
Noregs bidrag til å finansiere gjennomføringa av dei globale miljøavtalene er førde over Utanriksdepartementets budsjett, men Miljøverndepartementet har det faglege ansvaret for konvensjonane, arbeider for å sikre samverknaden mellom dei og for å føre hovudmåla deira inn i arbeidet i ulike internasjonale organisasjonar. Det globale miljøfondet, GEF, er det viktigaste organet for å fordele støtte. GEF-bidraga utløyser to til fem gonger så store midlar frå andre kjelder. For eksempel har GEF løyvd 5,6 mill. USD til eit prosjekt for meir energieffektive kjøleanlegg i India, mens det har komme 25,9 mill USD i tillegg – i hovudsak frå private kjelder. I løpet av ein 15-årsperiode er prosjektet venta å spare inn elektrisitet som tilsvarer meir enn 3 gonger Noregs årlege forbruk. Gåvemidlar er ein svært liten del av summane ved verksemd som påverkar klima, biologisk mangfald og utslepp av miljøgifter. Innretninga av GEFs arbeid legg derfor stadig større vekt på at gåvemidlane blir nytta på ein måte som gir ei langsiktig endring av miljøpolitikken.
Verkemiddel
Resultatområde 5 – underområde 1 Samarbeid i internasjonale organisasjonar på miljøområdet, bl.a. EUs miljøsamarbeid og UNEP, blir hovudsakleg finansierte over kap. 1400. EØS-midlane og reisestøtte for representantar frå utviklingsland for å delta på viktige miljømøte blir betalt av Utanriksdepartementet.
På EU/EØS-området er møte med EU-formannskap og med sentrale EU-land, Nordisk Ministerråd og nordiske «frukostmøte» i framkant av miljøvernministermøta i EU dei sentrale verkemidla på politisk plan, i tillegg til kontaktar med Europaparlamentet. I politisk kontakt med ulike EU-organ fremjar Noreg innspel på dei mest prioriterte miljøspørsmåla, som klima/energi, EUs havpolitikk, luftforureining og kjemikaliar.
Noreg deltek desutan i EU-møte på departementsrådsnivå, driv aktiv nettverksbygging på embetsmannsnivå og deltek i meir enn 50 ekspertgrupper på miljøområdet for å påverke utforming av EUs miljøpolitikk. Samla sett er dette eit omfattande arbeid.
Noreg yter store ressursar gjennom EØS-midlane, som skal fremje økonomisk og sosial utvikling i det utvida EU. Tiltak som betrar miljøet og tek vare på kulturarven er prioriterte område. Miljøverndepartementet legg vekt på politisk dialog med dei nye EU-landa.
For Noreg er det nordiske samarbeidet særleg viktig både på politisk nivå, embetsmanns- og ekspertplan for å få betre gjennomslag i miljøarbeidet i EU og anna internasjonalt miljøsamarbeid. På sentrale område som hav, vatn og kjemikaliar har Noreg gjennom det tette ekspertsamarbeidet i nordisk regi fått høve til å påverke det internasjonale regelverket i ei grad som ville ha vore vanskeleg for Noreg aleine.
Arbeidet i OECD med forholdet mellom miljø og økonomisk vekst er viktig for Noreg. OECDs Environmental Outlook 2030 legg grunnlag for det vidare arbeidet, bl.a. med omsyn til integrering av miljø i utviklingspolitikken og i handelssamanheng.
Regjeringa vil følgje opp arbeidet med ei FN-reform på miljøområdet. Ein vil særleg leggje vekt på å utvikle mekanismar som sikrar FN ei meir effektiv og heilskapleg tilnærming til miljøvern, bl.a. gjennom vidare å styrkje UNEPs rolle som sentral FN-autoritet på området. Deltaking i UNEPs Governing Council og norsk miljøråd i Nairobi er òg viktige verkemiddel.
Regjeringa vil halde fram å arbeide for eit meir handlingsretta CSD (Kommisjonen for berekraftig utvikling) der landa, internasjonale organisasjonar og det sivile samfunnet samarbeider om oppfølging av berekraftig utvikling, FNs tusenårsmål og målsetjingane frå toppmøtet i Johannesburg.
Arbeidet med effektive program for gjennomføring av dei globale miljøavtalene gjennom GEF krev tett koordinering mellom Miljøverndepartementet som konvensjonsansvarleg og Utanriksdepartementet som ansvarleg for finansieringsordninga. GEFs effektivitet skal evaluerast før påfylling av nye midlar i 2010. Evalueringa skal både måle resultat i forhold til konvensjonane og gi forslag som kan nyttast ved utarbeidinga av policy for neste 4-årsperiode.Erfaringane frå ordninga for fordeling av midlar ut frå landas potensiale og styreform skal evaluerast og drøftast. Det vil vere særlig viktig at effektiviseringa ikkje hindrar allsidig miljøinnsats. Arbeidet med reorganisering, strategiutvikling og meir effektiv behandling av prosjekt i GEF medfører spesielle utfordringar for – og stiller spesielle krav til – FNs miljøprogram. Dette vil Miljøverndepartementet følgje nøye med på.
Resultatområde 5 – underområde 2 Andre avtaler, organisasjonar o.a. som har stor betydning for miljø, under dette WTO og EFTA
Definisjon og avgrensing
Underområdet omfattar arbeid for å fremje miljøpolitiske prioriteringar og målsetjingar i høve til internasjonale organisasjonar og prosessar som kan ha stor betydning for miljøtilstand og verkemiddel innanfor miljøpolitikken. Dette gjeld særleg Verdas handelsorganisasjon (WTO), Noregs handels- og investeringsavtaler, arbeid med miljø- og samfunnsansvaret i bedrifter, EU/EØS’ indre marknad, FNs mat- og landbruksorganisasjon (FAO), Verdensorganisasjonen for immaterialrett (WIPO), Verdsbanken og FNs utviklingsprogram (UNDP).
Tabell 10.3 Mål- og indikatortabell for resultatområde 5 underområde 2 Andre avtaler, organisasjonar o.a. som har stor betydning for miljø, under dette WTO og EFTA
Nasjonale mål | Miljøforvaltningas arbeidsmål | Miljøforvaltningas resultatindikatorar |
---|---|---|
3. Arbeide for at utviklinga av regelverket i WTO, EU/EØS’ indre marknad, EFTAs tredje landsavtaler og Noregs bilaterale handelsavtaler gir rom for bruk av miljøpolitiske verkemiddel og fremjar nødvendige omsyn til miljø og ei berekraftig utvikling. | 3.1. Handelspolitikken skal utviklast vidare innafor ei ramme som fremjar miljøomsyn og berekraftig utvikling. | Miljøomsyn integrert i handels avtaler. Miljø som eige forhandlingstema med land av stor økonomisk og miljømessig betydning. |
3.2. Hindre at regelverket i WTO, Noregs handelsavtaler og EU/EØS’ indre marknad reduserer handlingsrommet nasjonalt og internasjonalt for å avbøte og førebyggje miljøskade for eksempel på områda klima, kjemikaliar og biologisk mangfald. | Ikkje redusert handlingsrom for miljøpolitikken. Framhald av likeverd mellom miljøavtalene og WTO-regelverket. Miljøomsyn sikra likeverd i nasjonal gjennomføring av tiltak som ledd i indre marknadstiltak i EU/EØS. | |
3.3. Rammevilkåra for internasjonale investeringar skal utvikles for å stimulere til miljøvennlege investeringar og ivareta statar sin rett til å regulere på grunnlag av miljøomsyn. Miljøvernforvaltninga skal vere ein pådrivar for at bedrifter tar miljøansvar i den internasjonale delen av verksemda si. | Internasjonalt og nasjonalt tverrsektorielt samarbeid om verkemiddelutvikling. |
Statusbeskriving
Arbeidsmål 3.1. Handelspolitikken skal utviklast vidare innanfor ei ramme som fremjar miljø og berekraftig utvikling.
Vidareutvikling av handelspolitikken vil påverke både miljøtilstanden og rommet for miljøpolitikk og -verkemiddel. I pågåande forhandlingar i WTO og andre handelsavtaler arbeider Regjeringa for å fremje eit internasjonalt handelsregime der omsyn til miljø, faglege og sosiale rettar, mattryggleik og utvikling i fattige land skal tilleggjast avgjerande vekt. I 2008 har koplinga klima og handelspolitikk fått betydeleg meir merksemd.
I WTO-forhandlingane i 2008 om handel og miljø har det vore sterkt fokus på reduksjon av handelsbarrierar for miljøvarer. Noreg har lagt vekt på at liberalisering må medverke til reell miljøgevinst. Miljø er generelt eit omsyn som skal integrerast i alle relevante forhandlingsområde. Noreg har arbeidd aktivt for å utvikle eit regelverk for fiskerisubsidiar som kan medverke til å hindre overkapasitet i den globale fiskeflåten og med det redusere overfiske. Noreg støttar krav frå utviklingsland om obligatorisk opphavsdeklarering i samband med patentsøknader på genressursområdet, og har fremja forslag i WTO om å endre TRIPS-avtala på dette punktet. Det er uklart kva som nå vil skje i WTO etter at ein ikkje fekk til det gjennombrotet i forhandlingane i juli som ein hadde håpa på.
Noreg ønskjer vidare å utvikle sine frihandelsavtaler til å vere positive bidrag til berekraftig produksjon og forbruk i tråd med målsetjingane for handelsområdet i Soria Moria-erklæringa. Regjeringa vedtok våren 2008 at Noreg skal arbeide for miljø som eige forhandlingstema med land av stor økonomisk og miljømessig betydning, som India og Kina. Forhandlingar med India (gjennom EFTA) og Kina (Noreg åleine) vil etter alt å dømme starte hausten 2008.
Arbeidsmål 3.2. Hindre at regelverket i WTO, Noregs handelsavtaler og EU/EØS’ indre marknad reduserer handlingsrommet nasjonalt og internasjonalt for å avbøte og førebyggje miljøskade, for eksempel på områda klima, kjemikalier og biologisk mangfald.
Forholdet mellom WTOs regelverk og handelstiltak i miljøavtalene har vore eit sentralt forhandlingstema i 2008. Regjeringa arbeider for at dei to avtaleverka skal sikrast likeverd og verke gjensidig støttande, og departementet har i nært samarbeid med Utanriksdepartementet arbeidd fram eit norsk forslag til utkast til ministererklæring som bidrag til dette. Det har vidare vore arbeidd aktivt for å sikre at det nasjonale handlingsrommet for verkemiddel i miljøpolitikken ikkje blir svekt bl.a. i samband med forhandlingar i WTO om nytt regelverk på tenesteområdet og for handelshindringar anna enn toll.
Også bilaterale og regionale handelsavtaler gir utfordringar på miljøområdet. I pågåande forhandlingar i EFTA-regi har det vore viktig å sikre at avtalene ikkje forpliktar Noreg på måtar som gir mindre rom for nasjonale miljøtiltak og verkemiddel.
Arbeidsmål 3.3. Rammevilkåra for internasjonale investeringar skal utvikles for å stimulere til miljøvennlege investeringar og ivareta statar sin rett til å regulere på grunnlag av miljøomsyn. Miljøvernforvaltninga skal vere ein pådrivar for at bedrifter tar miljøansvar i den internasjonale verksemda si.
Nytt arbeidsmål frå 2009.
Regjeringa har som målsetjing å styrkje arbeidet med å fremje miljø- og samfunnsansvar i næringslivet. Departementet har bl.a. medverka til å få fram forslag til tiltak for grønare leveransekjeder internasjonalt. Departementet har vidare medverka aktivt inn i nasjonal prosess for utarbeiding av ei modellavtale for bilaterale avtaler om investeringsvern.
Tabell 10.4 Mål- og indikatortabell for resultatområde 5 underområde 2 Andre avtaler, organisasjonar o.a. som har stor betydning for miljø, under dette WTO og EFTA
Nasjonale mål | Miljøforvaltningas arbeidsmål | Miljøforvaltningas resultatindikatorar |
---|---|---|
4. Arbeide for at relevante organisasjonar og prosessar som bl.a. FNs mat- og landbruksorganisasjon (FAO), FNs utviklingsprogram (UNDP), Verdsbanken og Verdsorganisasjonen for immate rialrett (WIPO) meir systematisk fremjar omsynet til miljø og ei berekraftig utvikling. | 4.1. Få omsynet til miljø- og berekraftig utvikling betre integrert i den ordinære verksemda i FAO, WIPO m.fl., bl.a. gjennom oppfølging av Traktaten for plantegenetiske ressur sar i FAO og utvikling av føreseg ner for betre vern av tradisjonell kunnskap i WIPO. | FAO: viktige genressursar for landbruket blir betre tekne vare på. WIPO: mindre konfliktar om patent på genressursar. UNDP/Verdsbanken: bruk av miljøkonsekvensvurderingar og spesifikke miljøprogram. |
Arbeidsmål 4.1. Få omsynet til miljø- og berekraftig utvikling betre integrert i den ordinære verksemda i FAO, WIPO mfl., bl.a. gjennom oppfølging av Traktaten for plantegenetiske ressursar i FAO og utvikling av føresegner for betre vern av tradisjonell kunnskap i WIPO.
Verksemda i organisasjonar som FAO, UNDP, Verdsbanken mfl. har betydelege effektar for miljøtilstanden. Departementet ser det som viktig å arbeide for at dei multilaterale organisasjonane støttar opp om prioriteringane i miljøkonvensjonane. Integrering av miljøomsyn var ein sentral del av norske innspel til FAOs matvaretoppmøte i juni 2008.
I WIPOs Komité for immaterialrett og genressursar, tradisjonell kunnskap og folklore (ICG) har Noreg tidligare fremja forslag om styrkt vern av tradisjonell kunnskap knytt til biodiversitet. På tross av ein svak tendens til framgang i forhandlingane går prosessen langsamt. Mandatet er forlenga for ein ny toårsperiode, ut 2009.
Under arbeidet med FAO-traktaten for plantegenetiske ressursar for mat og landbruk er fokuset no på finansiering og praktisk gjennomføring av avtala. Vårens fokus på matvaretryggleik har gitt auka merksemd på genressursar som tryggleik i samband med at klimaendringar endrar vilkåra for matproduksjon i fleire verdsdelar. Som eit bidrag til bevaring av genressursar globalt har Utanriksdepartementet, Landbruks- og matdepartementet og Miljøverndepartementet samarbeidd om å etablere eit globalt lager på Svalbard for å sikre landbruksfrø som er viktige for verdas matforsyning. Opninga av frøkvelvet i februar 2008 vart ei vellykka markering med stor nasjonal og internasjonal mediemerksemd. Noreg medverkar til fokus på berekraftig utvikling i Verdsbanken, bl.a. gjennom det norskfinske fondet for miljøvennleg og sosialt berekraftig utvikling. Miljøverndepartementet arbeider saman med Utanriksdepartementet i fleire prosessar om FN-reform for å sikre at verksemda i FNs utviklingsprogram, UNDP, og andre utviklingsaktørar byggjer opp under miljømåla og medverkar til å tryggje livsgrunnlag. Gjennom dei siste månadene har koplingane mellom klimapolitikk, biobrensel, skog, biodiversitet og matproduksjon komme i sterkt fokus. Auka merksemd om klima samtidig som biobrensel blir meir omstridt og matvareprisane aukar har ført til ein sterk debatt om korleis ein skal få til ei politikkutvikling som ikkje fører til at tiltak for eitt formål undergrev andre formål under andre avtaler.
Verkemiddel
Resultatområde 5 underområda 2 Andre avtaler, organisasjonar o.a. som har stor betydning for miljø, under dette WTO og EFTA blir hovudsakleg finansierte over kap. 1400.
Departementet vil, i nært samarbeid med Utanriksdepartementet, delta i WTOs forhandlingsmøte og gjennom alliansebygging med andre land arbeide for løysingar som sikrar fleksibilitet for verkemiddelbruk i miljøpolitikken og reell miljøvinst i arbeidet med å identifisere «miljøvarer». Arbeidet for å få tilslutning til vårt forslag til utkast til ministererklæring om forholdet mellom miljøavtala og WTOs regelverk vil måtte prioriterast når WTO-forhandlingane eventuelt startar opp igjen. Arbeid for å sikre at internasjonale handels- og klimareglar blir gjensidig støttande, vil òg vere ei viktig utfordring i tida framover.
Når det gjeld Noregs frihandelsavtaler, vil departementet i samarbeid med andre departement utvikle miljø som eige forhandlingstema. Ved utforming av norske posisjonar under EFTAs frihandelsavtaler vil det, i nært samarbeid med Nærings- og handelsdepartementet og andre aktuelle departement, bli arbeidd for å sikre rom for nasjonal verkemiddelbruk innan miljøpolitikken og at avtalene medverkar til berekraftig utvikling i tråd med målsetjingane for handelsområdet i Soria Moria-erklæringa.
Miljøverndepartementet vil intensivere arbeidet for å fremje samfunnsansvar (under dette miljøansvar) i næringslivet si internasjonale verksemd. Vi vil samarbeide med norsk næringsliv, relevante organisasjonar, EU og utvalte utviklingsland om å fremje grønare leveransekjeder. Ein vil òg arbeide for å styrkje samfunnsansvar i samband med handelsavtaler. Miljøverndepartementet vil òg søkje å fremje gode prinsipp for miljøansvar i investeringar. Vi vil medverke til å utvikle den globale rapporteringsordninga, GRI, slik at næringslivet kan konkretisere og rapportere betre på samfunnsansvar.
Regjeringa vil arbeide for styrkt miljøintegrasjon i FAO, UNDP, Verdsbanken mfl. gjennom styrande organ og andre former for samarbeid. Både eigne miljøsatsingar og gjennomføring av strategiske miljøkonsekvensvurderingar av ordinær verksemd vil vere viktige tiltak. Samtidig vil det vere viktig å sikre at desse og andre organisasjonar på tvers arbeider for gjensidig støttande løysingar for dei globale miljøproblema, jf. moglege arealkonfliktar mellom biodrivstoff, mat og biodiversitet. I WIPO vil Noreg arbeide for ein betre nord-sør-dialog slik at det i inneverande mandatperiode blir mogleg å einast om samlande løysingar innanfor området knytt til patentering av genressursar og tradisjonell kunnskap. Posisjonar her må samordnast med vidare utvikling i Biodiversitetskonvensjonen om eit regelverk for tilgang og utbyttefordeling til genressursar og TRIPS-forhandlingane i WTO.
Resultatområde 5 – underområde 3 Geografisk retta miljøsamarbeid
Definisjon og avgrensing
Underområdet omfattar miljøsamarbeid med land som i stor grad påverkar det globale miljøet og som har betydning for utvikling av dei globale miljøkonvensjonane. Underområdet omfattar vidare miljøfaglege vurderingar og bidrag til iverksetjing av Regjeringas handlingsplan for miljøretta utviklingssamarbeid, programmet Olje for Utvikling, Regjeringas Rein Energi-satsing og andre strategiar/program i utviklingsarbeidet, og norsk innsats i Miljø for Europa-prosessen.
Tabell 10.5 Mål- og indikatortabell for resultatområde 5 underområde 3 Geografisk retta miljøsamarbeid
Nasjonale mål | Miljøforvaltningas arbeidsmål | Miljøforvaltningas resultatindikatorar |
---|---|---|
5. Arbeide for å styrkje utviklings- og EECCA-landas miljøforvaltning, betrar miljøtilstanden deira og førebyggjer globale miljø problem. | 5.1. Arbeide for å styrkje utviklingslandas institusjonelle evne til god miljøforvaltning og gjennom føring av miljøkonvensjonane, under dette følgje opp miljøavtalene med Kina, Sør-Afrika, Indonesia og India. | Miljøforvaltninga yter fagleg støtte med vekt på kompetansebygging i miljøforvaltninga og relevante sektor institusjonar og til oppfølging av konvensjonane på miljøområdet ved bruk av både multilaterale og bilaterale kanalar. |
5.2. Følgje opp arbeidet med å integrere omsynet til miljø i norsk utviklingssamarbeid. | Miljøforvaltninga føljer opp ansvaret for miljøomsyn i programmet Olje for utvikling. Miljøforvaltninga medverkar til å setje i verk handlingsplan for det miljøretta utviklingsarbeidet. Miljøforvaltninga medverker til satsinga Ren Energi. | |
5.3. Utvikle vidare det regionale miljøsamarbeidet i Europa innan FNs Økonomiske Kommisjon for Europa med særleg vekt på Miljø for Europa-prosessen og miljøsamarbeidet i EECCA (Eastern Europe, Caucasus and Central Asia). | Oppfølging av ministererklæ ringa frå Miljø for Europa-minis termøtet i Beograd (oktober 2007) i det norske samarbeidet med EECCA-landa. |
Statusbeskriving
Arbeidsmål 5.1. Arbeide for å styrkje utviklingslandas institusjonelle evne til god miljøforvaltning og gjennomføring av miljøkonvensjonane, under dette følgje opp miljøavtalene med Kina, Sør-Afrika, Indonesia og India.
Miljøverndepartementet har særskilte avtaler om miljøsamarbeid med Sør-Afrika, Kina, Indonesia og India (under norsk-indisk kommisjon). Eit samarbeid med Sør-Korea blei inngått sommeren 2008. I mars 2008 fekk Kina eit eige departement for miljøvern (Ministry for Environmental Protection, MEP) og ein miljøavtale med det nye departementet vart underteikna i juli. Desse landa har alle stor betydning for utvikling av den globale miljøtilstanden, i kraft av store og aukande klimagassutslepp, utslepp av miljøgifter og stort biologisk mangfald som er truga. Dei er derfor sentrale i internasjonalt miljøvernsamarbeid. Det norske klima- og skoginitiativet er omtalt under resultatområde 4, Eit stabilt klima og rein luft.
Arbeidsmål 5.2. Følgje opp arbeidet med å integrere omsynet til miljø i norsk utviklingssamarbeid.
Miljøverndepartementet samarbeider med Utanriksdepartementet om å setje i verk Regjeringas handlingsplan for miljøretta utviklingssamarbeid. Handlingsplanen har fire satsingsområde: biologisk mangfald og naturressursforvaltning, vatn og sanitær, klimaendringar og tilgang til rein energi, og miljøgifter. Planen peiker på kompetansebygging og utvikling av miljøstyresett og systematisk bruk av miljøkonsekvensanalysar som verkemiddel for sektorintegrering av miljø i samarbeidslanda. I mange utviklingsland er det store utfordringar knytt til forvaltninga av petroleumsressursar. Regjeringas program Olje for Utvikling, som vart starta i 2005, skal medverke til god ressursforvaltning innafor petroleumssektoren, ei finansforvaltning og eit styresett som medverkar til brei utvikling og til å ta vare på miljøomsyn. Ti land er i dag prioriterte frå norsk side. Regjeringa har òg sett i gang ei eiga satsing på rein energi hvor Miljøverndepartementet medverkar. I mange utviklingsland er det liten tilgang på energi, og dette programmet skal fremje fornybare energikjelder i utviklingssamarbeidet.
Arbeidsmål 5.3. Utvikle vidare det regionale miljøsamarbeidet i Europa innan FNs økonomiske kommisjon for Europa med særleg vekt på Miljø for Europa-prosessen og miljøsamarbeidet i EECCA (Eastern Europe, Caucasus and Central Asia).
Ei langsiktig oppbygging av miljøforvaltninga i landa på Balkan og dei såkalla EECCA-landa (Eastern Europe, Caucasus and Central Asia) er ei viktig oppgåve for å oppnå miljøforbetringar i denne regionen. Noreg vil delta i vidare utvikling av det regionale miljøsamarbeidet i Europa innan FNs Økonomiske Kommisjon for Europa med særleg vekt på Miljø for Europa-prosessen og miljøsamarbeidet i EECCA og følgje opp ministererklæringa frå Miljø for Europa-ministermøtet i Beograd hausten 2007. Noreg vil her òg leggje vekt på kapasitetsbygging i miljøforvaltninga og medverke til å gjennomføre tiltak for å betre miljøsituasjonen i nokre utvalte land.
Miljøverndepartementet har i samarbeid med Utanriksdepartementet følgt opp arbeidet med miljøstrategien for EECCA-landa bl.a. ved å støtte styrking av miljøinstitusjonar, tiltak for å verne biologisk mangfald, betre drikkevatnet og redusere forureininga. På Balkan går føre seg fleire prosjekt innan institusjonsbygging, avfall og avløpsvatn og ein har òg satt i gang fleire prosjekt i 2008.
Verkemiddel
Resultatområde 5 underområde 3 Geografisk retta miljøsamarbeid er finansiert over kap. 1400. Det bilaterale samarbeidet blir i hovudsak finansiert av Utanriksdepartementet.
Ei god forvaltning av miljøet i utviklingsland vil førebyggje og avgrense naturkatastrofar, miljøskadar og konfliktar som rammar dei fattigaste hardast. Å støtte landa i å utvikle nasjonal miljøpolitikk og å gjennomføre internasjonale forpliktingar er sentrale norske målsetjingar. Iverksetjing av Regjeringas handlingsplan for miljøretta utviklingssamarbeid er eit viktig bidrag frå norsk side. Miljøverndepartementet vil byggje på det potensial konvensjonane har som reiskap for å redusere fattigdom og medverke til utvikling. Miljøforvaltninga yter fagleg støtte til institusjonsoppbygging og oppfølging av konvensjonane på miljøområdet i samarbeidsland gjennom multilaterale og bilaterale kanalar. Det har skjedd ei betydeleg opptrapping av den finansielle støtta til Norads program Olje for utvikling (OfU). Det blir arbeidd for å leggje større vekt på miljødimensjonen i OfU-programmet, og ein er i ferd med å inngå programavtaler med fleire land der miljøsatsinga er styrkt. Noreg bidrar med betydelege midlar for å fremje rein energi og energieffektivisering i utviklingssamarbeidet. Miljøomsyn skal ivaretakast gjennom miljøkonsekvensanalysar og prosjekta skal gjennomførast i samsvar med nasjonale lovverk og internasjonalt miljøretningslinjer.
Miljøverndepartementet nyttar landavtalene med Kina, Indonesia og Sør-Afrika og den bilaterale miljøarbeidsgruppa med India til å fremje politisk dialog om globale miljøutfordringar og om forhandlingar og gjennomføring av dei internasjonale miljøavtalene. Klimaspørsmål har høg prioritet. Mål for prosjektsamarbeid er utvikling av miljøforvaltninga og miljøinstitusjonar generelt, og å auke folkeleg miljøengasjement. I Indonesia samarbeider ein om tiltak mot ulovleg hogst og handel med tropisk tømmer. Under miljøsamarbeidet med Kina er klima, opplæring i industrikontroll, reduksjon av miljøgifter, integrasjon av miljø i sektorane og miljøteknologi (i samarbeid med næringslivet) vektlagt. Eit brett program for samarbeid om kapasitet og kompetanseutvikling i miljøforvaltninga er under utvikling. Den norske støtta til Sør-Afrika innan reduksjon av forureining, vern av biologisk mangfald og godt styresett, vil medverke til å oppfylle mål i det sørafrikanske Miljø- og turismedepartementet sin strategi. Gjeldande samarbeidsprogram er for perioden 2005-2010. I samarbeidet med India er klima, biologisk mangfald, miljøgifter og miljøteknologi hovudområde. Det vil òg bli inngått ei avtale om klima og den grøne utviklingsmekanismen (Clean Development Mechanism).
Resultatområde 5 – underområde 4 Miljøsamarbeid i nord- og polarområda
Definisjon og avgrensing
Underområdet omfattar arbeidet med miljøutfordringane på Svalbard, Jan Mayen, i Barentshavet, i Arktis elles og Antarktis med biland, medrekna det bilaterale samarbeidet med Russland. Det omfattar òg miljøfagleg arbeid innafor relevante internasjonale fora som Arktisk Råd, Barentssamarbeidet og samarbeidet under Antarktistraktaten. Underområdet omfattar i tillegg arbeidet med å førebyggje og redusere utslepp og risiko for framtidige ulykker som kan medføre radioaktiv forureining som kan påverke naturmiljøet.
Tabell 10.6 Mål- og indikatortabell for resultatområde 5 underområde 4 Miljøsamarbeid i nord- og polarområda
Nasjonale mål | Miljøforvaltningas arbeidsmål | Miljøforvaltningas resultatindikatorar |
---|---|---|
6. Samarbeidet i Noregs nærom råde, i den arktiske regionen og i Antarktis skal medverke til å betre miljøsituasjonen og sikre natur- og kulturminneverdiane i desse områda, og til å redusere og førebyggje grenseoverskridande foru reining som kan påverke miljø, helse og næringsverksemd i Noreg. | 6.1. Medverke til heilskapleg for valtning av naturressursane og til å redusere miljøgift- og klimaverknadene gjennom samarbeidet i Arktisk Råd. | Aktivitetar som er sette i gang i arbeidsgrupper og program under Arktisk Råd på områda klima, miljøgifter og biologisk mangfald. |
6.2. Sikre dei unike natur- og kul turminneverdiane i Antarktis og ta vare på kontinentet som eit viktig referanseområde for miljøforsking gjennom samarbeidet under Antarktistraktaten. | Resultatet av miljøkrav og ret ningslinjer for norske aktivitetar i Antarktis. Deltaking i arbeidsgrupper og andre samarbeidsfora under trak taten. | |
6.3. Medverke til tiltak som redu serer utslepp frå hot-spots i Russ land og til å bevare biodiversiteten i området gjennom formannskapet i Barentsrådets miljøgruppe. | Talet på hot-spots der det er satt i gang tiltak. Talet på område der det er samar beid om bevaring av biodiversitet. | |
6.4. Ivareta miljø i oppfølginga av nordområdestrategien. | Gjennomslag for miljøomsyn i oppfølginga av strategien. |
Statusbeskriving
Arbeidsmål 6.1. Medverke til heilskapleg forvaltning av naturressursane og til å redusere miljøgift- og klimaverknadene gjennom samarbeidet i Arktisk Råd.
Noreg deltek aktivt i Arktisk Råd, og har formannskapet i perioden oktober 2006 til oktober 2008. Noreg, Danmark og Sverige har blitt samde om å etablere eit sekretariat for Arktisk Råd for perioden 2006-2012. Sekretariatet vart oppretta i 2007 og er plassert ved Norsk Polarinstitutt. Det første møtet under det norske formannskapet vart halde i Tromsø i 2007. Det neste vart halde i Svolvær i april 2008. Oppfølginga av klimaendringar og heilskapleg forvaltning av dei arktiske havområda er to av hovudprioriteringane under det norske formannskapet. Det vart tilslutning til norske klimaforslag om havisens tilbaketrekning, smeltinga av Grønlandsisen og reduksjonen av permafrost og om samarbeid om tilpassing til klimaendringar. På biodiversitetsområdet har Noreg påteke seg å leie ei arbeidsgruppe på marin overvaking. På møtet i Svolvær orienterte Noreg om eit nytt prosjektforslag på kulturminneområdet. Noreg finansierer framleis storparten av sekretariatet til Arktisk Råds miljøovervakingsprogram (AMAP) og medverkar aktivt i programmet. Noreg deltek òg i prosjektsamarbeidet under ACAP (Arctic Contaminants Action Plan) som har som hovudmål å redusere faren for forureining av miljøgifter i Arktis, og i Arbeidsgruppa for vern av det arktiske marine miljøet (PAME). Noreg er ein viktig pådrivar og bidragsytar til eit større prosjekt under Arktisk Råds program for bevaring av arktisk flora og fauna (CAFF), knytt til økosystemtilnærming og bevaring av biologisk mangfald i det nordlege Russland (ECORA).
Arbeidsmål 6.2. Sikre dei unike natur- og kulturminneverdiane i Antarktis og ta vare på kontinentet som eit viktig referanseområde for miljøforsking gjennom samarbeidet under Antarktistraktaten.
Noreg deltek aktivt i ATCM (Antarctic Treaty Consultative Meeting) og CEP (Committee for Environmental Protection) og medverkar til å utvikle omfattande reglar for vern av miljøet på Antarktis-kontinentet. Det relativt urørte natur- og kulturmiljøet i Antarktis er likevel under stadig større press og klimaendringar og turisme er no hovudsaker for samarbeidet under Antarktistraktaten. Turismen i Antarktis har auka betydeleg det siste tiåret, og i sesongen 2007-2008 var det om lag 34.000 turistar i Antarktis. Noreg er i dag nest størst innan turisme ved at omtrent 20 % av alle ilandstigingar skjer frå skip med norske operatørar. Talet på ilandstigingsplassar er framleis avgrensa slik at belastninga blir stor på desse stadene.
Dei fleste turistane kjem med skip og auken i talet på cruisefartøy har vore stor. I dei siste sesongane har det vore fleire alvorlege uhell som bl.a. grunnstøyting og forlis. Det er gjennomført tiltak for å redusere farane for slike uhell og påfølgjande miljøskadar.
Effektane av klimaendringar er klart merkbare også i Antarktis. Det er lagt stor vekt på at partane til Antarktistraktaten skal halde seg oppdaterte med omsyn til lokale effektar av klimaendringane, samtidig som partane òg legg til grunn eit breitt perspektiv som omfattar Antarktis sin betydning for den globale klimautviklinga. Noreg tok i 2008 initiativ til tiltak for å redusere påverknaden på klimaet frå partane sine eigne aktivitetar på sjølve kontinentet.
Arbeidsmål 6.3. Medverke til tiltak som reduserer utslepp frå hot-spots i Russland og til å bevare biodiversiteten i området gjennom formannskapet i Barentsrådets miljøgruppe.
Saman med lokalt og regionalt miljøvernsamarbeid i Barentsregionen utgjer det bilaterale samarbeidet under miljøvernkommisjonen det viktigaste bidraget frå norsk side til Barentsrådet, sjå arbeidsmål 7.3. Barentsrådets miljøarbeidsgruppe, i samarbeid med NEFCO, arbeider med å setje i gang forprosjekt til å rydde opp i dei 42 største forureiningskjeldene i Barentsregionen, dei såkalla hot-spots. Det er starta arbeid med ein informasjonsdatabase om hot-spots og utvikling av kriterium for å rekne eit hot-spot for løyst. Noreg leier Barentsrådets miljøarbeidsgruppe i 2008 og 2009. Arbeidet med reduksjon av utslepp av miljøgifter og klimagassar frå hot-spots i Russland, reinare produksjon, berekraftig produksjon og forbruk, tilpassing til klimaendringar og bevaring av biomangfald i regionen har prioritet. Det norsk-russiske samarbeidet om vern av habitat og biologisk mangfald i Barentsregionen, det så kalla Habitatcontractforum, vart knytt til miljøarbeidsgruppa i 2008, og det er skipa eigne undergupper for å arbeide med vassaker, reinare produksjon/ hot-spots og biologisk mangfald.
Arbeidsmål 6.4. Ivareta miljø i oppfølginga av nordområdestrategien.
Regjeringas nordområdestrategi legg bl.a. opp til at Noreg skal vere den fremste forvaltaren av miljøet og naturressursane i Nordområda. Miljøverndepartementet deltar aktivt i oppfølginga av nordområdestrategien og leggje særleg vekt på heilskapleg forvaltning og strenge krav til aktivitetar som påverkar miljøet. Miljøverndepartementet vil òg medverke til å styrkje internasjonalt samarbeid for å redusere menneskeskapte klimaendringar og redusere belastninga frå langtransporterte miljøgifter.
Tabell 10.7 Mål- og indikatortabell for resultatområde 5 underområde 4 Miljøsamarbeid i nord- og polarområda
Nasjonale mål | Miljøforvaltningas arbeidsmål | Miljøforvaltningas resultatindikatorar |
---|---|---|
7. Miljøvernsamarbeid med Russland skal medverke til redusert forureining i nærområda, betre løysing av felles miljøoppgåver, kompetanseutvikling i miljøforvaltning og næringsliv og til å fremje russisk deltaking i internasjonalt miljøvernsamarbeid, konvensjonar og avtaler. | 7.1. Medverke til at moderniseringa av nikkelverka på Kola fører til at miljømåla blir nådde. | Reduksjon i utslepp frå nikkelverka samanlikna med utsleppa i 1999. |
7.2. Fremje miljøinvesteringar i Nordvest-Russland og styrkje miljøkompetansen i russisk industri og næringsliv. | Talet på prosjekt i Nordvest-Russland med økonomisk støtte frå NEFCO og NIB og talet på prosjekt med norsk samarbeidspartnar. Økonomisk og miljømessig vinst i bedrifter som har gjennomført Program for Reinare Produksjon. Russisk forvaltnings tilrettelegging for meir berekraftig produksjon og forbruk. Sterkare forankring av programmet i regionane. | |
7.3. Styrkje det grensenære samarbeidet om forvaltning av arter, miljøovervakning, vern av naturtypar og kulturminne. | Resultat av samarbeid om forvaltning av verneområde og arter, samarbeid om miljøovervaking og vern av kulturminne. Status for etablering av nasjonal parken på Frants Josefland og innhald i reglar for drifta. Etablering eller utvikling av verneområde. |
Statusbeskriving
Arbeidsmål 7.1. Medverke til at moderniseringa av nikkelverket på Kola fører til at miljømåla blir nådde.
Moderniseringsprosjektet for nikkelverket, som består av eit nytt briketteringsanlegg i Zapoljarny og modernisering/ nytt smelteverk med tilhøyrande gassreinsing og svovelsyrefabrikk i Nikel, kom i gang i 2002. Prosjektet har blitt seinka i forhold til ferdigstilling som tidlegare var planlagt innan utgangen av 2006. Brikkeringsanlegget i Zapoljarny er vedteke bygt og skal etter planen stå ferdig i 2009. Leiinga i konsernet har enno ikkje formelt teke endeleg stilling til framtidig lokalisering av smelteverket med tilhøyrande gassreinsing og handtering av svovel. Det ser no ut til at modernisering av smelteverket i Nikel ikke lenger er aktuelt. Tida er også for knapp til at modernisert anlegg som møter miljøkrava i avtalene med Norge kan stå ferdig i 2010. Det kan sjå ut til at det blir bygt eit nytt smelteverk i Montsjegorsk, lengre sør på Kola-halvøya. Foreløpig ligg det ikkje føre vedtak i konsernet om dette. Frå eit miljøsynspunkt verkar flytting av smelteverket til Montsjegorsk som eit godt alternativ, som vil kunne oppfylle miljømåla. Etter Nordisk Investeringsbanks og Miljøverndepartementets vurdering vil likevel ei flytting av smelteverket til Montsjegorsk liggje utanfor avtalene om norsk støtte. Konsernet er derfor gjort kjent med at den norske økonomiske støtta er avgrensa til modernisering i Nikel og krev reduksjon av forureininga der, innafor den tidsperioden som avtalene gjeld, som er t.o.m. 2010.
Miljøverndepartementet avventar endelege vedtak, og held seg fortløpande orientert om utviklinga av prosjektet.
Arbeidsmål 7.2. Fremje miljøinvesteringar i Nordvest-Russland og styrkje miljøkompetansen i russisk industri og næringsliv.
Nordic Environment Finance Corporation (NEFCO) er ein sentral samarbeidspartnar når det gjeld miljøprosjekt i Nordens nærområde, og har medverka til fleire miljøprosjekt i Russland og land rundt Austersjøen, bl.a. energiøkonomisering, overgang til bioenergi og innsamling og destruksjon av miljøgifta PCB. Norske konsulentar og bedrifter medverkar i fleire av desse prosjekta. Arbeidet held fram i 2009.
Programmet for reinare produksjon og industriell miljøeffektivitet har som formål å introdusere metodar for miljø- og energieffektivitet i russiske industribedrifter i regionane Arkhangelsk, Murmansk, Karelen og Komi. Dei fleste store industrikombinata i disse regionane har delteke i programmet. I 2008 har det vore lagt vekt på å få med bedrifter på AMAP/NEFCOs hot-spot-liste i programmet. Det har òg vore gjennomført basisprogram i alle regionane og lagt til rette for å inkludere kommunale bedrifter i programmet. Programmet held fram i 2009 med vekt på bedrifter på hot-spot-lista, dei 42 største forureiningskjeldene i Barentsregionen. Arbeidet med å få russiske styresmakter til å ta ansvar for vidareføring av programmet, og arbeid med å forankre programmet i regionane held òg fram
Arbeidsmål 7.3. Styrkje det grensenære samarbeidet om forvaltning av arter, miljøovervakning, vern av naturtypar og kulturminne.
Pasvikprogrammet vart fullført i 2007. Det vart utarbeidd ein oppdatert miljøstatus for nedslagsfeltet for forureining frå nikkelverket og fremja eit forslag om eit felles langsiktig miljøovervakingssystem som eit samarbeid mellom Noreg, Finland og Russland. Resultata av miljøundersøkinga vart presenterte for lokalbefolkninga i juni 2008. I 2009 er det planlagt tilleggsundersøkingar med omsyn til mattryggleik for bær og kjøtt. Samarbeid med Russland om overvaking og varsling av luftforureining skal styrkjast ved at det blir oppretta fleire målestasjonar. Etablering av ein felles norsk-russisk-finsk vennskapspark i verneområda i Pasvik-Inari vart fullført i 2008 med sertifisering av parken etter Europarc-standarden. Viktige samarbeidsområde vidare er artsforvaltning av bjørn, forsking, miljøundervisning og økoturisme. Bioforsk Svanhovd har mellom anna vidareført det naturfaglege samarbeidet, gjesteforskarordninga og fenologisamarbeidet med russiske institusjonar og skular.
På området bevaring av habitat og biologisk mangfald, samarbeidet om forvaltning av Yugyd Va nasjonalpark i Komi, og om metodar for bevaring av kulturlandskapet i Kenozero nasjonalpark har halde fram i 2008. Tilrettelegging i eit helleristningsfelt i Karelen blir sluttført i 2008. Prosjekt for kartlegging og bevaring av utrydningstruga arter der Noreg og Russland har felles ansvar, som ismåke og dverggås, er også vidareført. Samarbeidet om forvaltning av arktiske verneområde har stått stille i 2008 grunna interne russiske tilhøve. Planen om å opprette ein nasjonalpark på Franz Josef Land er ferdig utarbeidd, men ikkje vedteken.
Det grensenære samarbeidet i Pasvikområdet, kulturminnesamarbeidet, samarbeid om bevaring av biologisk mangfald og om forvaltning av verneområde blir ført vidare i 2009.
Tabell 10.8 Mål- og indikatortabell for resultatområde 5 underområde 4 Miljøsamarbeid i nord- og polarområda
Nasjonale mål | Miljøforvaltningas arbeidsmål | Miljøforvaltningas resultatindikator |
---|---|---|
8. Utnytting av ressursane i våre nære arktiske havområde skal ikkje føre til at arter eller bestandar blir truga eller utrydda. Bestandar av arter som i dag er rekna som truga eller på annan måte er negativt påverka av areal bruk, hausting og/eller forureining skal bevarast og om mogleg byggjast opp att. | 8.1. Ferdigstille rapport om miljøstatus for heile Barentshavet. | Grad av felles problemforståing og felles forvaltningsprinsipp når det gjeld miljøutfordringane i Barentshavet. Krav til regulering og forureiningskontroll for å verne havmiljøet i Barentshavet. Status for samarbeidet om miljøovervaking og etablering av felles miljødataportal. Russisk tilslutning til OSPAR-standardar. |
Statusbeskriving
Arbeidsmål 8.1. Ferdigstille rapport om miljøstatus for heile Barentshavet.
Framtidig utvikling når det gjeld utnytting av naturressursar, m.a. produksjon og transport av olje og gass, vil vere viktig for Barentshavet. Den heilskaplege forvaltningsplanen for norsk del av Barentshavet inneheld bl.a. tiltak for å sikre låg risiko for akutt oljeforureining. Det er viktig å styrkje samarbeidet med Russland for å sikre ei god oppfølging av forvaltningsplanen.
Forvaltningsplanen for norsk del av Barentshavet er oversett til russisk og presentert for russiske styresmakter og fagfolk. Vidare skal det utarbeidast ein felles norsk-russisk statusrapport for miljøtilstand og biologiske ressursar i heile Barentshavet. Arbeidet skal vere ferdig i 2009. Den russiske sida har og vist interesse for å utarbeide ei forvaltningsplan for russisk del av Barentshavet basert på norske erfaringar, og å etablere eit grunnlag for økosystembasert miljøovervaking i Barentshavet. Dette vil bli diskutert som ei oppfølging av arbeidet med ein felles miljøstatusrapport. Arbeidet med å etablere ein norsk-russisk miljødataportal blir ført vidare i 2008, og vil inngå i dette grunnlaget.
Eit viktig mål for havmiljøsamarbeidet er å arbeide for streng miljøregulering av alle aktivitetar som påverkar miljøet i Barentshavet. Vi skal styrkje samarbeidet om kompetanseoppbygging og erfaringsutveksling og arbeide for å fremje bruk av miljøvennlege produksjonsprosessar i all petroleumsverksemd i området. Dette skal oppnåast gjennom samanlikning av norske og russiske normer og regelverk på miljøområdet og gjennom praktisk tilnærming til miljøregulering og kontroll av verksemd i Barentshavet. I 2007 vart det gjennomført eit regelverksseminar i Kaliningrad, med besøk på ein russisk plattform. Det er planlagt eit tilsvarande besøk på norsk sokkel i 2008-2009.
Harmonisering av overvakingsmetodikk er høgt prioritert og skjer bl.a. ved hjelp av felles norsk-russisk miljøovervakingstokt. Tokt har blitt gjennomført sidan 2002. I juni 2007 vart det gjennomført tokt i Petchorahavet og i juli 2008 i Kvitsjøen. Her blir utført både prøvetaking og laboratorieanalysar i samsvar med OSPARs retningslinjer for overvaking av miljøgifter (JAMP), som eit ledd i å introdusere OSPARs metodikk for russiske fagmiljø og styresmakter.
Tabell 10.9 Mål- og indikatortabell for resultatområde 5 underområde 4 Miljøsamarbeid i nord- og polarområda
Nasjonale mål | Miljøforvaltningas arbeidsmål | Miljøforvaltningas resultatindikatorar |
---|---|---|
9. Omfanget av samanhengande villmarksområde på Svalbard skal søkjast oppretthalde. Eit representativt utval av natur på Svalbard skal sikrast mot vesentlege inngrep og påverknad gjennom særskilde vernevedtak. Viktige marine naturverdiar rundt Svalbard skal sikrast. | 9.1. Styrkje områdevernet på Svalbard og bevare omfanget av villmarksprega naturområde utanfor verneområda. | Omfanget av urørt villmark på Svalbard. Fråvær av gjennomgåande «linjeinngrep». Områdevernet sin representativitet og vernestatus. Talet på verneområde der vernevedtektene er oppgraderte. Omfanget av område med vernestatus. |
9.2. Avgrense den menneskelege påverknaden på bestandsutviklinga hos utvalde arter på Svalbard og sikre at påverknad av miljøet frå lokal verksemd og busetnad på Svalbard blir halde på eit lågt nivå. | Bestandsstatus for utvalde arter. Talet på arter som har endra status på raudlista for Svalbard og Jan Mayen. Mengde, gjenvinningsgrad og system for handtering av avfall. Lokale utslepp til luft og vatn frå verksemd på Svalbard. Status på kvalitet på arealplanarbeidet i busetnadene. | |
9.3. Sikre effektiv utnytting av midlane i Svalbard miljøvernfond. | Talet på og effekten av gjennom førte tiltak og prosjekt med støtte frå fondet. |
Statusbeskriving
Arbeidsmål 9.1. Styrkje områdevernet på Svalbard og bevare omfanget av villmarksprega naturområde utanfor verneområda.
Noreg har som mål at Svalbard skal framstå som eit av verdas best forvalta villmarksområde, og det er eit mål for miljøvernpolitikken at omfanget av villmarksprega område på Svalbard skal søkjast oppretthalde, og at ein skal søkje å unngå at samanhengande villmarksområde blir delte opp ved gjennomgåande naturinngrep. Viktige tiltak i den samanhengen er å utarbeide nye verne- og forvaltningsplanar, og å styrkje kunnskapane om og overvakinga av miljøet på Svalbard. Dei siste åra er det oppretta seks nye verneområde som sikrar nokre av dei biologisk mest produktive landområda på øygruppa. I tillegg er nye sjøområde inkluderte i verneområda etter utvidinga av territorialgrensa frå fire til tolv nautiske mil. Til saman er ca. 65 pst av landområda på Svalbard og 84 pst av territorialfarvatnet verna.
Vidare er det starta eit arbeid med sikte på tiltak for vern av verneverdige fossil.
Arbeidsmål 9.2. Avgrense den menneskelege påverknaden på bestandsutviklinga hos utvalde arter på Svalbard og sikre at påverknad av miljøet frå lokal verksemd og busetnad på Svalbard blir halde på eit lågt nivå.
Det er registrert ein betydeleg nedgang i bestandane av ismåke på Svalbard og i Russland. Det er òg påvist høge nivå av særleg PCB og DDT i ismåkeegg i Russland. Undersøking av bestandsutviklinga og miljøgiftnivå vil halde fram.
Kvalross har vore freda i 50 år og er ein raudlisteart. Nye undersøkingar i 2007 viser at bestanden no er på om lag 2 600 individ. Bestanden synest å vere i vekst. Bestandsteljing av kvalross held fram i 2007.
Det har vore betydelege reduksjonar i kvikksølvutsleppa i Europa og Nord-Amerika sidan 1980. Til trass for dette er det mykje som tyder på at dei globale utsleppa aukar. Målingar ved Zeppelinstasjonen i Ny-Ålesund i 2006 viser at årsgjennomsnittet av kvikksølv i luft har auka svakt sidan 2004 og er no igjen på same nivå som i 1995.
I perioden 1990-2006 har det vore ein signifikant nedgang i konsentrasjsonar av svovel i luft (SO4) og i nedbør. Dette kan hengje saman med at ei stor mengd industri i Russland og elles i Aust-Europa vart nedlagt tidleg på 90-talet. Det er grunn til å tru at tolegrensa no blir overskriden på mindre enn 5 pst. av Svalbards isfrie landareal.
PCB-konsentrasjonane frå Zeppelinstasjonen er høgast av alle PCB-målingar frå arktiske målestasjonar. Frå Canada er det rapportert ein nedgåande trend for PCB i luft. Ein slik negativ trend kan ikkje stadfestast for PCB på Zeppelinstasjonen.
DDT-verdiane målte på Zeppelinstasjonen er låge i global samanheng. Den låge, men kontinuerlege tilførselen av DDT fører likevel til ei betydeleg opphoping i den arktiske næringskjeda. Det går fram av høge konsentrasjonar funne i isbjørn og polarmåke frå Svalbard og Bjørnøya.
Det driv stadig i land store mengder søppel på strendene på Svalbard. Forsøpling er både ein risiko for dyrelivet og eit estetisk problem som forstyrrar opplevinga av urørt villmark. Sysselmannen gjennomførte også i 2008 strandryddingstoktet, og mange tonn med søppel vart rydda frå Svalbards strender. Aksjonen må halde fram. Det er eit klart behov for å styrkje overvakinga av effektar av kimaendringar og ferdsel på Svalbard. Dette gjeld særleg effektar på vegetasjon. Det er sett i gang eit utviklingsarbeid for å etablere nye overvakingsaktivitetar som dekkjer desse behova.
Arbeidsmål 9.3. Sikre effektiv utnytting av midlane i Svalbards miljøvernfond.
Svalbards miljøvernfond vart fullt operativt i 2008. Midlar frå fondet er tildelt ei rekkje søkjarar/prosjekt med både lokal og nasjonal forankring og som kan bidra til tiltak som kan beskytte både naturmiljø og kulturminne på Svalbard.
Tabell 10.10 Tabell Mål- og indikatortabell for resultatområde 5 underområde 4 Miljøsamarbeid i nord- og polarområda
Nasjonale mål | Miljøforvaltningas arbeidsmål | Miljøforvaltningas resultatindikator |
---|---|---|
10. Eit representativt utval av kulturminne på Svalbard og Jan Mayen skal søkjast bevart som eit vitskapeleg kjeldemateriale og eit grunnlag for opplevingar for framtidige generasjonar. Tapet av kulturminne som følgje av menneskeleg verksemd skal i gjennomsnitt ikkje overstige 0,1 pst. årleg. | 10.1. Avgrense menneskelege skadeverknader på og bevare kulturminne og kulturmiljøet. | Skade og slitasje på utvalde kulturminne og kulturmiljø. Gjennomsnittleg årleg tap av registerte kulturminne i pst. Gjennomføring av tiltak i medhald av kulturminneplanen for Svalbard og miljøhandlingsplanen for Jan Mayen. |
Statusbeskriving
Arbeidsmål 10.1. Avgrense menneskelege skadeverknader på og bevare kulturminne og kulturmiljøet.
Det er gjennomført tiltak for å bevare kulturminne som stod i fare for å bli øydelagde bl.a. på grunn av aukande ferdsel. Det er òg sett i verk utvida vern av enkelte kulturminne som er sterkt utsette for slitasje.
Det er i tillegg utført vedlikehald og restaurering av ei rekkje freda bygningar i statleg eige i medhald av Kulturminneplan for Svalbard 2000-2010.
Svalbard representerer natur- og kulturverdiar som Noreg har eit særskilt ansvar for å sikre, og UNESCO har signalisert tydeleg interesse for arktisk natur. Miljøvernministeren har derfor teke initiativ til å føre Svalbard opp på Noregs tentative verdsarvliste.
Tabell 10.11 Mål- og indikatortabell for resultatområde 5 underområde 4 Miljøsamarbeid i nord- og polarområda
Nasjonale mål | Miljøforvaltningas arbeidsmål | Miljøforvaltningas resultatindikatorar |
---|---|---|
11. Transport og ferdsel på Svalbard skal ikkje medføre vesentlege eller varige skadar på vegetasjonen eller forstyrre dyrelivet. Høvet til å oppleve naturen uforstyrra av motorisert ferdsel skal sikrast òg i område som er lett tilgjengelege frå busetnadene. | 11.1. Styre ferdsla på Svalbard. | Volum og fordeling av motorisert ferdsel på Svalbard. Tilgang på og forvaltning av snøskuterfrie område. Tal og geografisk spreiing av ilandstigingar frå cruiseskip utanfor planområda. Ferdselsslitasje i utvalde område. |
Statusbeskriving
Arbeidsmål 11.1. Styre ferdsla på Svalbard.
Talet på turistar på Svalbard er dobla dei siste ti åra. I 2007 kom det 31 000 turistar til Longyearbyen. Same året besøkte 33 000 turistar Svalbard om bord i til saman 30 oversjøiske cruiseskip. Cruiseskipa som besøkte øygruppa tek stadig fleire passasjerar. I tillegg var det 7 500 passasjerar om bord i såkalla ekspedisjonscruisebåtar.
Det har vore ein sterk auke i talet på ilandstigingsplassar frå 52 til 167 sidan 1996. Totalt tal på personar som vart sette i land låg på ca. 20 000 – 25 000 årleg i perioden 1996-2000. I 2005-2006 auka dette betydeleg og i 2007 var talet om lag 95 000. Ilandstigingsplassane hadde spreidd seg til stadig nye område på Svalbard, spesielt dei austre delane av øygruppa.
Det er no gjennomført fleire tiltak for å møte dei utfordringane som cruiseturismen og annan skipsfart fører med seg. Det er innført forbod mot bruk av tungolje for skip som seglar innanfor dei to store naturreservata på austsida av Svalbard. Vidare er det innført avgrensingar i talet på passasjerar om bord på skip som seglar innanfor desse naturreservata. Grensa på 200 passasjerar er sett for å hindre at dei store cruiseskipa som i dag ferdast på vestkysten av Svalbard tek i bruk farvatna på austsida. Dette vil medverke til å avgrense talet på ilandstigingar og førebyggje auka slitasje og forstyrring av dyrelivet innanfor naturreservata på austsida av Svalbard. Formålet med desse naturreservata er å sikre store, urørte referanseområde for forsking. Styresmaktene arbeider no med forslag til endringar av verneforskrifta for dei store verneområde på Svalbard for å sikre at cruisetrafikk og annen ferdsel i disse områda skjer på ein måte som er i samsvar med verneformålet.
Tabell 10.12 Mål- og indikatortabell for resultatområde 5 underområde 4 Miljøsamarbeid i nord- og polarområda
Nasjonale mål | Miljøforvaltningas arbeidsmål | Miljøforvaltningas resultatindikatorar |
---|---|---|
12. Samarbeid med russiske styresmakter skal medverke til å redusere risikoen for radioaktiv forureining av norske land- og sjøområde for å unngå moglege konsekvensar for helse, miljø og næringsverksemd. | 12.1. Halde kontakt med russiske styresmakter gjennom miljøvernkommisjonens ekspertgruppe og vidareutvikle samarbeidet om overvaking av radioaktiv forureining. | Gjennomførte tiltak for å redusere faren for radioaktiv forureining for eksempel i Andrejevabukta. Resultat av miljøovervaking. |
12.2. Halde oss orienterte om andre eksterne kjelder til radioaktiv forureining av norske område, spesielt Sellafield. | Resultat av konsekvensutgreiing om eventuell atomhending i Sellafield. Permanent stenging av THORP-anlegget. |
Statusbeskriving
Arbeidsmål 12.1. Halde kontakt med russiske styresmakter gjennom miljøvernkommisjonens ekspertgruppe og vidareutvikle samarbeidet om overvaking av radioaktiv forureining.
Miljøverndepartementet deltek i arbeidet med gjennomføringa av Regjeringas handlingsplan for oppfølging av St.meld. nr. 34 (1993-94) om atomverksemd og kjemiske våpen i våre nordlege nærområde. Noreg har gjennom denne planen arbeidd for å sikre forholda rundt det radioaktive avfallet i Nordvest-Russland. Noreg har dei seinaste åra lagt vekt på samarbeid med og støtte til russiske tilsynsstyresmakter, og har lagt vekt på at konsekvensar for miljøet må vurderast før ulike tiltak blir sette i verk, slik at risikoen for ulykker blir så liten som råd er. Gjennom miljøvernkommisjonanes ekspertgruppe er det m.a. utvikla samarbeid om overvaking av radioaktiv forureining.
Miljøverndepartementet deltek òg i Embetsgruppa for koordinering av atomberedskapen i Noreg. Miljøverndepartementet har dekt sin del av kriseutvalets langtidsplan for oppgradering av den norske atomberedskapen. Det blir vidare arbeidd med å sikre at departementet og dei underliggjande etatane er godt eigna til å redusere miljøkonsekvensane så godt som mogleg i tilfelle ei alvorleg atomhending.
Arbeidsmål 12.2. Halde oss orienterte om andre eksterne kjelder til radioaktiv forureining av norske område, spesielt Sellafield.
Reprosesseringsanlegget THORP ved Sellafield har vore stengt sidan april 2005, då det vart oppdaga ein større lekkasje ved anlegget. På grunn av tryggleikssituasjonen ved anlegget går Noreg i mot gjenopning, og har teke dette opp med britiske styresmakter fleire gonger, seinast under den britiske utanriksministerens besøk i Oslo i slutten av mai 2008. Det er nær kontakt mellom dei norske og britiske styresmaktene, både på departements- og fagnivå.
Statens strålevern har fått i oppdrag å gjere ei vurdering av moglege konsekvensar for Noreg i tilfelle ei alvorlig atomhending ved Sellafield. Resultata av denne vurderinga er venta å liggje føre i 2009 og vil gi eit betre grunnlag for Regjeringas vidare arbeid med Sellafield.
Tabell 10.13 Mål- og indikatortabell for resultatområde 5 underområde 4 Miljøsamarbeid i nord- og polarområda
Nasjonale mål | Miljøforvaltningas arbeidsmål | Miljøforvaltningas resultatindikatorar |
---|---|---|
13. Utslepp av radioaktive stoff frå nasjonale kjelder skal avgrensast til nivå som ikkje påverkar natur miljøet. | 13.1. Styrkje arbeidet med regulering og tilsyn av verksemder som slepp ut radioaktive stoff og handterer radioaktivt avfall. | Revidert regelverk og nye krav til forureinarane. Revidert strategi for å nå OSPAR-måla for petroleumssektoren innan 2020. Nasjonal plan for handtering av radioaktivt avfall. |
13.2. Betre kunnskapsgrunnlaget gjennom auka kartlegging, utgreiing og overvaking. | Miljøeffektane av utslepp av radioaktivt materiale og radioaktivt avfall frå norske kjelder. Justert opplegg for miljøovervaking av radioaktiv forureining. |
Statusbeskriving
Arbeidsmål 13.1. Styrkje arbeidet med regulering og tilsyn av verksemder som slepp ut radioaktive stoff og handterer radioaktivt avfall.
Radioaktive stoff har liknande eigenskapar i naturen som tungmetall og andre miljøgifter. Ny regulering av radioaktiv forureining i det ytre miljø vil ta omsyn til dette og bli heimla også i forureiningslovgivinga. Harmonisering med anna forureiningsregelverk, reduksjon av utslepp av radioaktive stoff frå petroleumsindustrien for å nå OSPAR-målet, og utforming av ein strategi for handtering av alle typar radioaktivt avfall blir sentrale oppgåver i 2009.
Arbeidsmål 13.2. Betre kunnskapsgrunnlaget gjennom auka kartlegging, utgreiing og overvaking.
Gjennom det nasjonale overvakingsprogrammet for radioaktiv forureining held norske styresmakter seg fortløpande orienterte om den radioaktive forureininga av norske land- og sjøområde. I tillegg til forureining utanfrå, omfattar programmet samtidig utslepp av radioaktive materiale frå nasjonale kjelder. Landbaserte kjelder har liten innverknad når det gjeld nasjonale utslepp.
Ei utgreiing leia av Miljøverndepartementet syner at det er betydelege kunnskapshol om radioaktiv forureining av det ytre miljøet. Arbeidet med å få betre kunnskap om ulike kjelder til radioaktiv forureining, om miljøeffektane og betre grunnlag for overvaking blir derfor styrkt i 2009.
Tabell 10.14 Mål- og indikatortabell for resultatområde 5 underområde 4 Miljøsamarbeid i nord- og polarområda
Nasjonale mål | Miljøforvaltningas arbeidsmål | Miljøforvaltningas resultatindikatorar |
---|---|---|
14. Tiltak skal gjennomførast der historisk forureining er identifisert, slik at inga folkegruppe blir utsett for større stråledosegrenser enn tilrådd som følgje av konsum av naturprodukt eller ved opphald i friområde. | 14.1. Identifisere radioaktivt avfall frå historisk gruveverksemd og vurdere ulike tiltaksstrategiar som kan sikre avfallet slik at det ikkje påverkar naturmiljøet. | Oversikt over stader med historisk avfall frå gruveverksemd. Samla mengde avfall og avrenning frå slike stader. |
Statusbeskriving
Arbeidsmål 14.1. Identifisere radioaktivt avfall frå historisk gruveverksemd og vurdere ulike tiltaksstrategiar som kan sikre avfallet slik at det ikkje påverkar naturmiljøet.
Miljøverndepartementet har finansiert prosjekt for å kartleggje og vurdere oppkonsentrert radioaktivt materiale frå tidlegare gruveverksemd i Noreg. Spesielt ved Søve gruver i Nome kommune og ved molybdengruva i Oterstrand i Gildeskål er det etterlate slagg med oppkonsentrert innhald av radioaktive stoff. Ein håpar å kartleggje omfanget av forureininga og vurdere ulike strategiar for å sikre at den ikkje spreier seg vidare i miljøet. Prosjektet vil halde fram i 2009 og ein vil og sjå nærare på anna tidlegare gruveverksemd.
Verkemiddel
Finansieringa av resultatområde 5, underområde 4 miljøsamarbeid i nord og polarområda, er dekt over Norsk Polarinstitutts budsjettramme, jf. kap. 1471 og kap. 1472 – Svalbards miljøvernfond. Kap. 1400 inneheld òg budsjettmidlar som skal medverke til finansieringa av dette resultatområdet i 2009, bl.a. blir det gitt tilskot til sekretariatsutgifter til «Artic Monitoring and Assessment program» (AMAP). Radioaktiv forureining er i hovudsak dekt over kap. 1410 og dekkjer bl.a. vidareføring av overvakingsprogrammet for radioaktivitet langs norskekysten og eit terrestrisk overvakingsprogram og kap. 1400 post 21 for å styrkje arbeidet med radioaktiv forureining av det ytre miljøet frå kjelder i Noreg.
Prosjektsamarbeidet med Russland, støtte til NEFCOs miljøutviklingsfond, til prosjekt under Arktisk råd og til NGO-samarbeidet med Russland blir finansiert over Utanriksdepartementets budsjett. Årleg løyving til NEFCOs grunnkapital er delt mellom Miljøverndepartementet (73 pst.) og Utanriksdepartementet (27 pst.). Noreg har stilt til rådvelde eit tilskot på inntil 270 mill. kroner til moderniseringsprosjektet for nikkelverket i Petsjenga. Tilskotet blir administrert av Nordisk Investeringsbank, NIB. Norilsk Nikel låner tilsvarande beløp av NIB og medverkar med resterande, minst tilsvarande beløp i eigenkapital. Sverige medverkar med 3 mill. USD i tilskot.
Miljøvernavtala og prosjektmidlane frå UD er viktige verkemiddel i miljøvernsamarbeidet med Russland. Arbeidet er leia av ein norskrussisk miljøvernkommisjon på politisk nivå. På det 13. møtet i miljøvernkommisjonen hausten 2007 vart arbeidsprogrammet for 2007-2008 ført vidare. Programmet omfattar samarbeidsområda vern av havmiljø, forvaltning av biodiversitet i Barentsregionen, reduksjon av forureining og programmet reinare produksjon, grensenært samarbeid, kulturminnevern og den russisk, arktiske nasjonalparken, og undersøkingar av radioaktiv forureining som blir finansiert over UDs atomhandlingsplan. På kommisjonsmøtet blei det og gitt føringar for arbeidet med arbeidsprogrammet for 2009-2010. Det skal mellom anna leggas meir vekt på samarbeid om klimaspørsmål. Havmiljøgruppa under miljøvernkommisjonen blir eit viktig verkemiddel for samarbeidet om miljøutviklinga i Barentshavet saman med oppfølginga av St.meld. nr. 8. (2005-2006) Helhetlig forvaltning av det marine miljø i Barentshavet og havområdene utenfor Lofoten. Informasjonsformidling i og om nordområda er eit viktig verkemiddel der Svanhovd miljøsenter har ei sentral rolle.
På oppdrag frå Miljøverndepartementet og Utanriksdepartementet har Fridtjof Nansens Institutt evaluert miljøvernsamarbeidet med Russland og enøk- og bioenergiprosjekt under Utanriksdepartementets løyving til energiprosjekt. Evalueringa dekkjer perioden 1995-2006. Evalueringa understreka blant anna betydinga av auka satsing på havmiljøsamarbeidet og det grensenære samarbeidet. Rapporten viser òg at miljøvernsamarbeidet er på veg bort frå bistandsprega samarbeid til samarbeid på område der Noreg og Russland har store felles interesser. Reinare produksjon-programmet har gitt gode resultat i dei enkelte bedriftene, men har ikkje blitt økonomisk sjølvgåande, og konseptet er ikkje teke opp av russiske styresmakter. Samtidig er økonomien i russiske bedrifter betre. Evalueringa stiller derfor spørsmål ved om programmet i sin noverande form bør støttast vidare. Frå 2008 er desse anbefalingane følgt opp.
Eit viktig verkemiddel for miljøvernforvaltninga på Svalbard er miljøvernlova med tilhøyrande forskrifter som tok til å gjelde 1. juli 2002. Svalbards miljøvernfond er oppretta med heimel i Svalbardmiljølova § 98. Fondet vart fullt operativt i 2008.
Andre verkemiddel som er tekne i bruk er velordna registrering og overvaking av sentrale miljøkomponentar og aktive vernetiltak gjennom bl.a. Miljøovervakingsprogrammet for Svalbard og Jan Mayen (MOSJ).
Eit godt kunnskapsgrunnlag basert på forsking er ein føresetnad for at Noreg skal kunne forvalte sine polare territorium på ein økologisk forsvarleg måte. Norsk polarforsking av høg internasjonal kvalitet er òg ein føresetnad for at Noreg skal kunne spele ei aktiv rolle i den vidare utviklinga av det internasjonale forskings- og miljøvernsamarbeidet i polarområda. Det blir henta inn viktig ny kunnskap gjennom forsking i regi av Norsk Polarinstitutt, andre forskingsmiljø og Noregs Forskingsråd.
Norge har miljø med fagleg klima- og polarkompetanse og isbrefagleg kompetanse. Vi har i tillegg moderne infrastruktur for forsking og miljøovervaking både i Arktis og Antarktis. Denne fagkompetansen skal styrkjast, spissast og utviklast vidare innafor rammene av eit nasjonalt «Kompetansesenter for is og klima». I 2009 vil oppbygginga av kompetansesenteret starte med kjerne i Norsk Polarinstitutt og i samarbeid med sentrale faginstitusjonar i Noreg. Senteret skal styrkje Noreg stilling som ein aktiv og synleg part i det internasjonale klimaarbeidet. Det skal bidra vesentleg til auka kunnskap om problemstillingane knytte til smeltande is og bidra til å skape auka forståing for kor viktig det er å avgrense utsleppa av klimagassar i land som har stor betydning for den vidare framgangen i det internasjonale klimaarbeidet. Kompetansesenteret skal òg vere eit viktig norsk bidrag inn i eit samarbeid med verds «brestatar» for å auke forståinga av dynamikken i – og konsekvensen av – bresmeltinga som følgje av klimaendringane. Det er stort behov for større forståing av dei felles problemstillingane dette reiser, og auka kunnskap om dei politiske, miljø- og samfunnsmessige konsekvensane smelting av snø og breis og tinande permafrost kan medføre. I IPCCs scenario er det store kunnskapshol på desse områda.
Eit internasjonalt samarbeid for forvaltning av miljøet på Svalbard, knytt bl.a. til å verne trekkjande arter og hindre langtransportert forureining, er òg eit viktig verkemiddel.
Det blir kontinuerleg samla inn store mengder data om våre hav- og kystnære område i nord. Samtidig aukar behovet for miljøovervaking og kriseberedskap i samband med ulykker.
Informasjon er òg eit viktig verkemiddel for å spreie kunnskap om Regjeringas miljøpolitikk for Svalbard. Informasjonsberedskap er òg svært viktig når det gjeld radioaktiv forureining. Statens strålevern har som faginstans på området hovudansvaret for informasjonsarbeidet.
Ved ein kongeleg resolusjon hausten 2006 overtok Miljøverndepartementet mynde etter Strålevernlova og strålevernforskrifta på området radioaktiv forureining og anna stråling i det ytre miljø. Avtala mellom Miljøverndepartementet og Sosial- og helsedepartementet (no Helse og omsorgsdepartementet) om Statens strålevern som fagsinstans for Miljøverndepartementet og myndeoverføringa sikrar at Miljøverndepartementets noverande og framtidige plikter på dette området vil bli ivaretekne på ein tilfredsstillande måte. Det behovet Miljøverndepartementet har for slik ekspertise har auka dei siste åra bl.a. som følgje av auka fokus på utsleppa frå oljeindustrien, behov for betre kunnskap om radioaktivt avfall og radioaktiv forureining frå annan industri og gamle gruver. Det er òg generelt aukande internasjonalt fokus på vern av miljøet mot radioaktiv forureining. Det blir arbeidd aktivt med nye kriterium for utslepp og det er aukande satsing på forsking i moglege effektar på naturmiljøet som følgje av eksponering frå radioaktive stoff. I budsjettet for 2009 er det derfor gitt betydelig auka støtte til arbeidet med radioaktiv forureining av det ytre miljø.
Noreg godkjente hausten 2008 vedlegget til miljøprotokollen under Antarktis-traktaten som regulerer ansvaret for miljøskade i Antarktis. Miljøverndepartementet arbeider no med å implementere desse reglane ved å endre forskrift om vern av miljøet i Antarktis frå 1995. Det er i Antarktistraktatsamarbeidet auka fokus på klimaendringar og på den veksande cruiseturismen. Gjennom fleire resolusjonar er det lagt det opp til tiltak som skal avgrense dei negative effektane på miljøet av den aukande turismen.
11 Resultatområde 6 Planlegging for ei berekraftig utvikling
Ein føresetnad for berekraftig samfunnsutvikling er god samordning på tvers av sektorinteresser og forvaltningsnivå. Planlegging etter plan- og bygningslova er eit sentralt verkemiddel for å oppnå slik samordning.
Resultatområdet består av dei tre underområda:
6.1 Arealpolitikk og samfunnsutvikling
6.2 Kommunal og regional planlegging
6.3 Kart og geodata
Strategiske mål
Den kommunale og regionale planlegginga skal medverke til å utvikle eit samfunn som tek vare på viktige felles verdiar og grunnleggjande levevilkår for ulike grupper innafor rammene av ei berekraftig utvikling. I planprosessane blir det lagt vekt på ei open haldning, innsyn og deltaking. Det er ei hovudutfordring framover å leggje til rette for at dei ulike sektorane tek plan- og bygningslova i aktiv bruk både på det kommunale og regionale nivået. Landet skal ha kart og elektronisk baserte tenester som tilfredsstiller det felles behovet ulike brukargrupper har for geografisk informasjon og fastlegging av posisjonar. Denne målsetjinga gjeld både for norske sjø- og landområde. Det er viktig å utvikle gode standardar for geodata, som er tilpassa internasjonale forhold. Innafor arealpolitikken er det eit mål å skaffe fram god informasjon om arealtilstanden, før framtidig bruk blir planlagt. Staten, fylkeskommunane og kommunane må i fellesskap etablere dette datagrunnlaget.
Definisjon og avgrensing
Resultatområdet omfattar arealpolitikk og samfunnsutvikling knytt til planlegging etter plan- og bygningslova, lokalt miljøarbeid, regional og kommunal planlegging og kart og geodata. Miljøverndepartementet er statleg planstyresmakt etter lova.
Resultatområde 6 – underområde 1 Arealpolitikk og samfunnsutvikling
Planlegging etter plan- og bygningslova skal vere eit sentralt verkemiddel for å fremje og sikre den utviklinga som kommunane og fylka ønskjer, både fysisk, økonomisk, sosialt og kulturelt. Samtidig skal planlegginga ivareta dei nasjonale og regionale interessene som bl.a. ligg i å sikre ei berekraftig arealforvaltning, effektiv utbygging av infrastruktur og tilgang på areal for utbygging. Miljøverndepartementet har som oppgåve å utvikle og formidle nasjonale mål for planlegginga i fylke og kommunar, arbeide med lov og forskrifter, behandle enkeltsaker og sikre riktig bruk av lov og plansystem gjennom rettleiing og opplæring. Dette arbeidet skal skje i nært samarbeid med andre departement. Området omfattar òg arbeidet med å styrkje miljøkompetansen og forankre det lokale miljøarbeidet i kommunane. Arbeidet med styrking av miljøpolitikken i kommunane er særleg knytt opp mot kommunane si rolle som samfunnsutviklarar.
Tabell 11.1 Mål- og indikatortabell for resultatområde 6 underområde 1 arealpolitikk og samfunnsutvikling
Nasjonale resultatmål | Arbeidsmål | Resultatindikatorar |
---|---|---|
1. Heilskapleg planlegging og arealforvaltning skal bidra til berekraftig lokal og regional utvikling og sikre landskaps-, natur- og kulturverdiar. | 1.1 Fremje auka bruk av plan- og bygningslova (pbl) som verkemiddel for redusert utslepp av klimagassar og tilpassing til klimakonsekvensar blant anna knytt til areal- og transporttiltak. | Talet på planar i kommunar og fylke med særleg fokus på klimautfordringar. Talet på kommunar og fylke med sårbarheits- og risikoanalysar av klimakonsekvensar. Utslepp av klimagassar frå transport og oppvarming i kommunar og fylke. Tettstadareal totalt og pr. innbyggjar. Talet på regionar med samordna areal- og transportplanar. |
1.2 Stimulere til heilskaplege og langsiktige vindkraftutbyggingar gjennom regional planlegging. | Talet på regionale planar for vindkraft. | |
1.3 Fremje auka fokus på miljø, livskvalitet og helse i byar og tettstader knytt til byomforming, sentrumsutvikling, grønstruktur og bymarker, busetjing og næringsliv. Koordinere programmet for Groruddalen og samarbeidsprosjektet Framtidas byar/klima- og miljøvennlege byar. | Sykkel- og gangvegar i tettstader pr. 10000 innbyggjarar. Leike- og rekreasjonsareal i tett stader pr. 1000 innbyggjarar. Delen busette med kortare avstand enn 500 m til rekreasjonsareal større enn 200 daa i byar og tettstader. Talet på kommunar med rekreasjons- og friluftsområde lagt til rette med universell utforming. Omfang og aktivitet i nettverk for stadutvikling. Formidling gjennom nettportal for stadutvikling. Delen av gjennomførte tiltak på kvart programområde i Groruddalen. | |
1.4 Stimulere til at offentlege og private, publikumsretta verksemder blir lokaliserte på ein måte som bidrar til å byggje opp under ein berekraftig by- og tettstadstruktur. | Delen av omsetjinga i varehandel i kommunen innanfor by- og tettstadsområde. Delen av barn som har kortare enn 500 m til skule og barnehage. | |
1.5 Styrkje universell utforming i all planlegging og utbygging ved å setje i verk og følgje opp RPR for universell utforming. Avslutte koordineringa av Handlingsplan for auka tilgjenge for alle gjennom universell utforming. | Talet på kommunar med vedteken plan og retningslinjer for universell utforming. Del av tiltak som er gjennomførte i handlingsplanen. | |
1.6 Bidra til bevaring og styrking av miljøkvalitetar i landskapet gjennom å rettleie kommunane og å følgje opp Den europeiske landskapskonvensjonen. | Oppfølgingstiltak og prosjekt i kommunar, fylke og internasjonalt. Oppfølging av DN og RA sin felles strategi for arbeidet med landskap. | |
1.7 Fremje berekraftig utvikling og arealbruk utanfor byar og tettstader gjennom kommunale og regionale planar med langsiktige rammer for natur- og kulturverdiar, verdifulle landbruksområde, verdiskaping og stadutvikling. | Talet på fjell- og utmarksregionar med fylkesdelplan. Delen av regionale partnarskap, regionalparkar, verdiskapingsprogram mv. som er forankra i kommunale og regionale planar. Areal dyrka og dyrkbar mark omdisponert og regulert etter pbl til andre føremål enn jordbruk. | |
1.8 Sikre villreinens sentrale plass i norsk fjellfauna gjennom regionale planprosessar og etablering av nasjonale villreinområde og europeiske villreinregionar, og stimulere til berekraftig bruk av reindriftas areal. | Talet på vedtekne regionale planar som omfattar villreinfjella. Talet på bygningar og bygging i og innan 4 km frå villreinområde. Talet på bygningar og bygging i reinbeiteområde. | |
1.9 Sikre betre og meir miljøbasert utbygging av fritidsbustader, der omsynet til landskap, miljøverdiar, ressursbruk og estetikk blir vektlagt. | Talet på fritidsbustader i snaufjell, i strandsona, i og i nærleiken av villreinområde. Bygging av nye fritidsbustader innanfor eller i tilknyting til eksisterande fritidshusområde. | |
1.10 Sikre god oppfølging av nasjonal strandsonepolitikk ved å oppfordre kommunar, fylkeskommunar og fylkesmenn til streng praksis ved behandling av dispensasjonar og planar i strandsona langs sjø og vassdrag. | Delen av kystsona omfatta av fylkesdelplan med føringar for arealpolitikken i kystsona. Talet på gitte og delen av dispensasjonar for nybygg i 100-meters beltet langs sjø og vassdrag. Talet på nybygg i strandsona i og utanfor by- og tettstadområde. Delen av kystlinja og vassdragslinja som ligg nærare enn 100 m frå bygningar. | |
1.11 Sikre ei heilskapleg forvaltning av vassdragslandskap, blant anna i høve til nedbygging, og stimulere til regional planavklaring av små vasskraftverk, der omsynet til naturmangfald, friluftsliv og landskap blir vektlagt. | Talet på regionale planar som omfattar små vasskraftverk. |
Statusbeskriving
Arbeidsmål 1.1 Fremje auka bruk av plan- og bygningslova (pbl) som verkemiddel for redusert utslepp av klimagassar og tilpassing til klimakonsekvensar blant anna knytt til areal- og transporttiltak.
Klimagassutsleppa frå transport, oppvarming og deponi i kommunane har auka med 16 % frå 2000. Den nye plan- og bygningslova vil bli eit meir effektivt reiskap for klimaarbeidet. Lova slår fast at kommunar og fylke skal ta klimaomsyn i si planlegging. Dei skal mellom anna utarbeide planar som minskar energibruk og transportbehov. Ifølgje Kostra hadde 32 kommunar slike planar i 2007, men det er venta ei stor auke i talet dei næraste åra.
Arbeidsmål 1.2 Stimulere til heilskaplege og langsiktige vindkraft-utbyggingar gjennom regional planlegging.
For å sikre ei berekraftig utbygging av vindkraft fastsette Miljøverndepartementet i samarbeid med Olje- og energidepartementet (OED) i 2007 retningsliner for planlegging og lokalisering av vindkraftanlegg. I retningslinjene vert det tilrådd at fylka utarbeider regionale planar. Halvparten av fylka med gode vindressursar er i ferd med å utarbeide slike planar i tråd med retningslinjene. Eitt fylke, Rogaland, har vedtatt slik plan. Dei andre fylka arbeider med ulike planar for energi med avgrensa behandling av vindkraft. Departementet har gjeve fagleg og økonomisk bistand til fylka i arbeidet med regionale planar for vindkraft.
Potensialet for offshore vindkraft og særleg frå flytande havmøller langs norskekysten er stort. Miljøverndepartementet vil i samarbeid med energistyresmaktene vurdere aktuelle utbyggingsområde for å bidra til lokalisering av offshore vindkraft til område der konflikten med andre miljøomsyn og brukarinteresser (som f. eks. skipsfart, fiskeriinteresser, petroleumsverksemd) er akseptabel.
Arbeidsmål 1.3 Fremje auka fokus på miljø, livskvalitet og helse i byar og tettstader knytt til byomforming, sentrumsutvikling, grønstruktur og bymarker, busetjing og næringsliv. Koordinere programmet for Groruddalen og samarbeidsprosjektet Framtidas byar/klima- og miljøvennlege byar.
I dei største byane skjer ein stor del av utbygginga som fortetting og byomforming. Dette er ikkje i same grad tilfelle i mindre byar og tettstader, og for landet samla aukar no arealbruken pr innbyggjar etter at den i nokre år gjekk attende. Fortettinga i byane har auka presset på grønstrukturen og andre uteareal. Tal frå Kostra viser likevel at leike- og rekreasjonsarealet i dei ti største byane samla sett har auka noko frå 2001, men med store variasjonar mellom byane. Erfaringsmateriale og evalueringar syner at mange omformingsområde ikkje har god nok kvalitet i uteareala. Miljøverndepartementet har difor sendt ut eit rundskriv som løftar fram omsynet til barn i planlegginga som ei oppfølging av dei rikspolitiske retningslinene for barn og unge. For 2007 rapporterte 171 kommunar at dei hadde eit eller fleire rekreasjons- eller friluftsområde lagt til rette med universell utforming. Groruddalssatsinga er inne i sitt andre år og er det største forsøket på å løfte eit byområde her i landet. Resultata er allereie komne i form av betre kollektivtransport, turvegar, opne skolar, gratis kjernetid i barnehage og ei rekkje andre nærmiljøtiltak. Av 166 vedtekne tiltak er 58 fullført og 62 sett i gang, medan 46 tiltak startar i år. Framtidas byar – eit av tiltaka i Klimameldinga – er eit samarbeidsprogram mellom staten og dei største byområda for å få ned klimagassutslippa og sikre eit godt bymiljø. I alt 13 byar har underskrive ein intensjonsavtale med staten om å satse på tiltak innanfor transport, oppvarming, forbruk og avfall.
Stadutvikling er ein viktig strategi for bosetting og næringsutvikling. Miljøverndepartementet støtter opp om denne verksemda ved å utvikle og spre kunnskap, skipe gode møtestader for erfaringsutveksling og styrke samarbeidet om stadutvikling mellom ulike sektorar og forvaltningsnivå. Ei førebels kartlegging i 2008 av Norsk institutt for by- og regionforsking/Universitetet for miljø og biovitskap syner at det er ei stor utfordring for mange kommunar å skaffe seg kompetanse til å drive stadutvikling på ein god måte, særleg i dei mindre kommunane. Mellom anna saknast planfagleg kompetanse. Miljøverndepartementet samarbeider med Kommunal- og regionaldepartementet om moglege tiltak for å betre situasjonen. Det er sett i gang utvikling av byindikatorar som vil gi eit betre grunnlag for å sjå endringar i by- og tettstadområda.
Arbeidsmål 1.4 Stimulere til at offentlege og private, publikumsretta verksemder blir lokaliserte på ein måte som bidrar til å byggje opp under ein berekraftig by- og tettstadstruktur.
Dei nasjonale måla for by- og tettstadutvikling blir i aukande grad lagt til grunn for lokale planar. I samarbeid med Statsbygg har Miljøverndepartementet fått laga ei samling med eksempel på korleis staten kan leggje desse måla og planane til grunn ved lokalisering av sine verksemder. Ei ny rikspolitisk føresegn om kjøpesenter er vedteken. Føresegna inneber ei skjerping av retningslinjene for lokalisering av handel og service i godkjende fylkes- og fylkesdelplanar.
61 pst. av barnehagebarna hadde mindre enn 500 meter avstand til barnehagen i 2007, mens det tilsvarande talet for skulebarn er 40 pst. Samtidig med stor utbygging av barnehagar dei seinare åra, har delen med reiseavstand over 500 meter auka ein del.
Arbeidsmål 1.5 Styrkje universell utforming i all planlegging og utbygging ved å setje i verk og følgje opp RPR for universell utforming. Avslutte koordineringa av Handlingsplan for auka tilgjenge for alle gjennom universell utforming.
Miljøverndepartementet har koordinert Handlingsplanen for auka tilgjenge gjennom universell utforming som vart vedteken for perioden 2005-2009. Det skal setjast i verk ein ny handlingsplan frå 2009 under leiing av Barne- og likestillingsdepartementet.
Noverande handlingsplan inneheldt frå starten 97 tiltak på samfunnsområda transport, bygg/uteområde, IKT mv. 15 departement har ansvar for eitt eller fleire av tiltaka. Ved utgangen av 2007 var omlag 65 pst. av desse utførte 52 nye tiltak er komne til sidan starten i 2005 Av desse er 14 utførte. Ei rekkje tiltak går over mange år og har fleire delprosjekt. Samla sett er det fram til årsskiftet 2007/2008 sette i verk 136 delprosjekt.
Om lag 200 mill. kroner på ulike kapittel og postar var øyremerkte tiltak for universell utforming/auka tilgjenge i 2007, av dette 20 mill. kroner på Miljøverndepartementets kapittel 1400 post 80.
Dei siste to åra har Miljøverndepartementet lagt serleg vekt på tiltak for å auke kompetansen lokalt og regionalt når det gjeld universell utforming som strategi for planlegging og utforming av omgjevnad og produkt. Miljøverndepartementet følgjer opp ei rekkje tiltak i Handlingsplanen som gjeld planlegging, m.a. rikspolitiske retningslinjer for universell utforming, og styrking av omsynet til universell utforming i den nye plan- og bygningslova. Pilotkommunar i fleire fylke utviklar universell utforming som kommunal strategi. Dei arbeider m.a. med by- og tettstadutvikling, auka tilgjenge til offentlege bygningar og uteområde, friluftsliv og kulturminne.
Dei arealbruksindikatorane som er under utvikling, skal mellom anna gi betre oversyn over universell utforming og tilgjenge for personar med nedsett funksjonsevne.
Kommunane rapporterar på universell utforming gjennom KOSTRA. I 2007 rapporterte 48 kommunar at dei hadde plan eller retningslinjer med fokus på universell utforming, dvs. 13 pst. av dei 364 som rapporterte. I 2006 svara 8 pst. av kommunane at dei hadde slik plan. 9 av dei 16 pilotkommunane hadde innarbeida universell utforming i vedteken plan ved utgangen av 2007. Seks fylkeskommunar har plan med føringar for universell utforming.
Frå 2009 vil Miljøverndepartementet ha fokus retta mot kommunane. Pilotkommunane for universell utforming vil saman med fylka ha ei sentral rolle i dette arbeidet.
I og med at ein tek sikte på at ny handlingsplan for universell utforming og tilgjenge skal avløyse gjeldande plan i 2009, vil Miljøverndepartementet avslutte si koordineringsoppgåve med rapportering på noverande handlingsplan for åra 2005-2008 og leggje fram ei ekstern evaluering av planperioden.
Arbeidsmål 1.6 Bidra til bevaring og styrking av miljøkvalitetar i landskapet gjennom å rettleie kommunane og å følgje opp Den europeiske landskapskonvensjonen.
Noreg har slutta seg til Den europeiske landskapskonvensjonen, som vart sett i kraft 1. mars 2004. Formålet er å fremje vern, forvaltning og planlegging av landskap og organisere europeisk samarbeid om dette. Miljøverndepartementet har ansvar for oppfølging av konvensjonen, og har bl.a. sett i verk utviklingsarbeid i Hordaland fylke knytt til landskap og regional næringsutvikling. Departementet samarbeider tett med Direktoratet for naturforvaltning, Riksantikvaren og andre sentrale statsorgan. Det er òg eit utstrekt nordisk samarbeid om oppfølging av konvensjonen, bl.a. støtta av Nordisk Ministerråd.
Arbeidsmål 1.7 Fremje berekraftig utvikling og arealbruk utanfor byar og tettstader gjennom kommunale og regionale planar med langsiktige rammer for natur- og kulturverdiar, verdifulle landbruksområde, verdiskaping og stadutvikling.
Fylkesdelplanar for fjell- og utmarksregionar er i stor grad knytte til dei større villreinområda. Desse planane vil dei næraste åra bli revidert og supplert. Ni fylke har plan for fjellområde i 2007. Også fylkesplanlegging utanom fjell- og utmarksregionane har stor verdi for utvikling av berekraftig arealbruk. 13 fylke har fylkesdelplan for kulturminne og kulturmiljø, fem fylke (inkludert Oslo) har plan for biologisk mangfald. 14 fylke har plan med tema friluftsliv, fire har plan for grønstruktur og 13 har plan for kystsona i 2007.
Regionale natur- og kulturparkar vert støtta av fire departement – Landbruks- og matdepartementet, Miljøverndepartementet, Kommunal- og regionaldepartementet og Nærings- og handelsdepartementet. Det er etablert erfarings- og kompetansenettverk for lokale og regionale aktørar som vil profilere seg som natur- og kulturparkar som eit ledd i næringsutviklinga. Berekraftig utnytting av natur- og kulturverdiane er sentralt i satsinga. Område som til nå er definert som natur- og kulturparkar er dei seks Valdres-kommunane i Oppland, Aurland i Sogn og Fjordane, Telemarkskanalen og Hordaland landskapsprosjekt med etablering av sju landskapsparkar.
Regjeringa har som mål å halvere årleg omdisponering av dei mest verdfulle jordressursane innan 2010. I 2007 vart i alt 16 482 daa dyrka og dyrkbar mark omdisponert til andre formål enn landbruk. Av dette var 8 799 daa dyrka mark. Dette er klart meir enn målsetjinga om ei halvering innan 2010. Fleire kommunar har rapportert inn til SSB enn tidlegare og tala er dermed meir pålitelege enn i tidlegare år. Areal dyrka og dyrkbar mark omdisponert og regulert etter plan- og bygningslova var 12 026 daa i 2007, medan omdisponering etter jordlova utgjorde 4 456 daa. Gjennom avgjerder i motsegnssakene blir gjeldande arealpolitikk konkretisert og formidla når det gjeld viktige nasjonale spørsmål. På jordvernsida har Statens Landbruksforvaltning frå 2006 hatt høve til å fremje motsegn der fylkeslandbruksstyret ikkje følgjer tilråding frå fylkesmannen. Dette har medført fleire saker til avgjerd i Miljøverndepartementet enn ein ville hatt elles, og jordverninteressene har i stor grad fått gjennomslag dei siste åra.
Arbeidsmål 1.8 Sikre villreinens sentrale plass i norsk fjellfauna gjennom regionale planprosessar og etablering av nasjonale villreinområde og europeiske villreinregionar, og stimulere til berekraftig bruk av reindriftas areal.
Fjell- og utmarksområda er ein stor ressurs for nyskaping og næringsverksemd i bygdene. Auka næringsbruk gir behov for langsiktig og samordna arealplanlegging som trekkjer grensene for utbygging av fritidsbustader og reiseliv, vegar, ferdsel osv. Dette krev ofte interkommunalt og regionalt samarbeid. Kommunal planlegging er viktig for å løyse dei langsiktige utfordringane som er knytte til berekraftig bruk og utnytting av fjellområde. Miljøverndepartementet har sett i gang eit 5-årig program for å stimulere fylkeskommunar og kommunar med villrein til å utarbeide fylkesdelplanar for ei langsiktig forvaltning av fjellområde som er spesielt viktige for villreinens framtid i Noreg. Sikring av villreinens leveområde har stått sentralt ved oppretting av mange av våre store nasjonalparkar og landskapsvernområde, men slikt vern dekkjer berre delar av leveområda og må supplerast av planar etter plan- og bygningslova.
Gjennom heilskapleg planlegging over større område kan ein leggje overordna føringar for å sikre sårbare lokalitetar for villreinen, og samtidig finne område der det kan stimulerast til lokal næringsutvikling innan gitte rammer. Planane tek sikte på å sameine mål om næringsutvikling med Noreg sitt internasjonale ansvar for å ta vare på villreinen. Ti nasjonale villreinområde er utpeika. Planarbeidet er starta opp for tre av områda: Hardangervidda, Rondane/Sølnkletten og Setesdal Austhei/Setesdal Vesthei med Ryfylke. Dei andre villreinområda vil starte sitt planarbeid etter kvart, i tråd med programmet. MD har etablert eit fagnettverk for fylka som støtte for det vidare arbeidet, der også Direktoratet for naturforvaltning er med saman med Norsk Villreinsenter Sør/Nord og NINA.
Reindrifta er ei arealkrevjande næring, og planar om hyttebygging og reiselivsutvikling kjem ofte i konflikt med reindrifta sin bruk av areala. Reindrifta nyttar om lag 40 prosent av landets areal, og omfattar òg eit stort tal bygningar. Om lag 493 000 bygningar er registrerte innanfor reinbeiteområda i 2007. Reindrifta brukar areal på tvers av kommune- og fylkesgrenser, og gjennom dialogprosjekt for reindrifta under Landbruks- og matdepartementet er det sett fokus på regional planlegging som eit mogleg verkemiddel for å avklare arealbruken.
Arbeidsmål 1.9 Sikre betre og meir miljøbasert utbygging av fritidsbustader, der omsynet til landskap, miljø, ressursbruk og estetikk blir vektlagt.
Det er no om lag 418 000 fritidsbygningar i Noreg. Av desse er 389 000 hytter og sommarhus og 29 000 heilårsbustader og bustadhus nytta som fritidsbustad. Talet på fritidsbustader i snaufjellet har auka med om lag 2 000 frå 2003, til 32 400 i 2007. Talet på fritidsbustader i 100-metersbeltet langs sjø har auka med om lag 3 600 til 82 800 i same tidsrommet. Talet på fritidsbustader innanfor 4 km frå villreinområde var 64 800 i 2007. Her har det vore ein auke på om lag 5 000 dei siste 4 åra.
Det har dei siste fem åra blitt ferdigstilt mellom 4 000 og 6 000 fritidsbustader pr. år her i landet. I tillegg kjem standardauke og utvidingar på eksisterande fritidsbustader, som vi reknar med har om lag same omfanget. Standardauke inneber, i tillegg til auka areal og teknisk standard på bygningane, utbygging av veg, vatn og avløp og straumforsyning. Dei samla miljøkonsekvensane av slik standardauke vil vere betydelege i mange område. Auka standard fører òg med seg lengre brukstid. Regjeringa er derfor opptatt av at kommunane tek stilling til standard og storleik på eksisterande fritidsbustader i kommuneplanen. Det er om lag ein tredel av fritidsbustadene som i dag har låg eller middels standard.
Miljøverndepartementet har bede fylkeskommunar og kommunar om å prioritere fritidshus i si kommunale og regionale planlegging. Kommunane skal følgje dei nasjonale føringane for fritidsbustader som er gitt i St.meld. nr. 26 (2006-2007) Regjeringens miljøpolitikk og rikets miljøtilstand. Føringane inneber at Regjeringa vil innskjerpe kravet om betre og meir miljøvennleg planlegging og utbygging av fritidsbustader. Det er òg viktig å betre kompetansen i kommunar og planleggingsmiljø om kva god og miljøriktig fritidshusplanlegging inneber. Regjeringa innførte i 2007 ei vesentleg skjerping av energikrava for fritidshus mellom 50 og 150 kvadratmeter. For fritidshus over 150 kvadratmeter er det innført same krav som for heilårsbustader. Endringane vil på sikt gi ein vesentleg reduksjon i energiforbruket knytt til fritidsbustader.
Arbeidsmål 1.10 Sikre god oppfølging av nasjonal strandsonepolitikk ved å oppfordre kommunar, fylkeskommunar og fylkesmenn til streng praksis ved behandling av dispensasjonar og planar i strandsona langs sjø og vassdrag.
Utviklinga av byggjeverksemda i 100-metersbeltet langs sjøen er av nasjonal interesse. I St.meld. nr. 26 (2006-2007) Regjeringens miljøpolitikk og rikets miljøtilstand er det oppfordra til streng praksis ved behandlinga av plan- og dispensasjonssaker i 100-meterbeltet langs sjøen.
Det er gitt nye reglar om strandsona i ny plandel av plan- og bygningslova. Reglane vart vedtekne av Stortinget våren 2008, jf. Ot. prp. nr. 32 (2007-2008), og vil truleg tre i kraft 1. juli 2009. Byggjeforbodet i 100-metersbeltet og reglane om dispensasjon blir stramma inn. Regjeringa har i samband med lovarbeidet bestemt at det skal utarbeidast statlege retningslinjer for ein differensiert strandsonepolitikk, som skal tre i kraft samtidig med dei nye lovreglane. Retningslinjene skal danne grunnlag for planlegginga i kommunen og ta omsyn til at det er ulike forhold langs kysten.
Utviklinga i strandsona blir følgt gjennom KOSTRA-rapporteringa, og blir kunngjort av Statistisk Sentralbyrå i juni kvart år. I 2007 vart det gitt 767 dispensasjonar for nye bygningar i 100-metersbeltet langs sjøen, mot 808 i 2006. 64 pst. av søknadene vart godkjente, mot 70 pst. året før. Det vart gitt om lag 1 650 byggjeløyve i samsvar med plan, mot om lag 1 300 løyve året før.
Tala viser at talet på dispensasjonar gjekk ned, mens byggjeaktiviteten i samsvar med plan gjekk opp. Av tala går det ikkje fram om den faktiske byggjeaktiviteten er i samsvar med det nasjonale målet om å bevare strandsona. Det kan òg førekomme byggjing etter gamle planar som ikkje er i samsvar med nasjonal strandsonepolitikk. Det er viktig at kommunane tek slike forelda planar opp til revisjon. 13 fylke har i følgje Kostra-tal plan for kystsona i 2007.
Arbeidsmål 1.11 Sikre ei heilskapleg forvaltning av vassdragslandskap, blant anna i høve til nedbygging, og stimulere til regional planavklaring av små vasskraftverk, der omsynet til naturmangfald, friluftsliv og landskap blir vektlagt.
I ny plandel av plan- og bygningslova er det innført nye reglar for planlegging i og langs vassdrag, som vil gi betre sikring av strandsonene langs vatn og vassdrag. For område langs vatn og vassdrag med natur-, kulturmiljø- og friluftsinteresser blir det stilt krav om at kommunane skal fastsetje grense på inntil 100 meter med forbod mot utbygging i kommuneplanens arealdel. Fem fylke har oppgitt i Kostra at dei har eigen plan for vassdrag i 2007.
I følgje Kostra-tal vart det godtkjent 218 dispensasjonar for bygging innanfor område med byggjeforbod langs ferskvatn i 2007. Dette tilsvarer 79 pst. av alle sakene som vart behandla. 11,4 pst. av vassdragslinja var bygningspåverka i 2007, mens den i 1985 var om lag 10,6 pst. Det er i dei mest sentrale delane av landet at delen av bygningspåverka vassdragslinje er størst; 18,7 pst. i 2007. I dei minst sentrale delane av landet er talet 8,2 pst.
Tabell 11.2 Mål- og indikatortabell for resultatområde 6 underområde 1 arealpolitikk og samfunnsutvikling
Nasjonale resultatmål | Arbeidsmål | Resultatindikatorar |
---|---|---|
2. Lokalt miljøarbeid skal styrkjast og utviklast som del av kommunane si rolle som samfunnsutviklar, organisasjon og tenesteprodusent. | 2.1 Sikre tydelege rammevilkår og effektive verkemiddel for miljøarbeidet i kommunane, og bidra til at relevante satsingar i andre departement byggjer opp om programmet Livskraftige kommunar. | Erfaringar frå programmet Livskraftige kommunar, knytt til stat lege rammevilkår for lokalt miljøarbeid. Gjennomførte samarbeidstiltak og bruk av programmet. |
2.2 Auke miljøkompetansen bl.a. gjennom nettverksarbeid i programmet Livskraftige kommunar, og sikre at erfaringane blir formidla og lagt varig til grunn i dei kommunale planleggings- og styringssystema. | Talet på nettverk og deltakande kommunar i programmet Livskraftige kommunar. Deltaking frå nasjonale og regionale kompetansemiljø og organisasjonar. Formidling gjennom programmet sin nettstad og møter/konferansar. Framdrift i arbeidet med utvikling av indikatorar knytte til programmet. |
Statusbeskriving
Arbeidsmål 2.1 Sikre tydelege rammevilkår og effektive verkemiddel for miljøarbeidet i kommunane, og bidra til at relevante satsingar i andre departement byggjer opp om programmet Livskraftige kommunar.
Erfaringar frå deltakarkommunane i programmet Livskraftige kommunar blir fanga opp gjennom følgjeevalueringa og ført inn i konsultasjonsordninga mellom Regjeringa og KS. Styrking av klimaarbeidet i kommunane vil vere tema på Regjeringas konsultasjonsmøte med KS hausten 2008.
Det er lagt vekt på at samhandlinga mellom statlege sektorar på regionalt nivå, ulike departement sine satsingar og fylkeskommunalt utviklingsarbeid byggjer opp om programmet på område der dette er relevant.
Arbeidsmål 2.2 Auke miljøkompetansen m.a. gjennom nettverksarbeid i programmet Livskraftige kommunar, og sikre at erfaringane blir formidla og lagt varig til grunn i dei kommunale planleggings- og styringssystema.
176 kommunar deltek no i programmet og 40 læringsnettverk er i arbeid. Livskraftige kommunar har utvikla nye verktøy for å kartleggje, analysere og kommunisere status og utvikling på miljø og samfunn i kommunane. Det er størst interesse i deltakarkommunane for å arbeide med klima og energi og arealpolitikk. Det er inngått samarbeidsavtale mellom nasjonale ressursmiljø og programmet om støttefunksjonar og fagleg bistand. Det er lagt meir vekt på informasjon og formidling av gode eksempel frå arbeidet i kommunane.
Ei nyleg gjennomført undersøking om plan- og miljøkompetansen i norske kommunar viser store variasjonar både mellom kommunar og i forhold til utfordringar og oppgåver. Kompetansen er i varierande grad til stades innan planlegging og biologisk mangfald, i moderat grad når det gjeld vassforvaltning og i svak grad innan miljøleiing, klima og kulturminne. Kommunar som deltek i Livskraftige kommunar gir uttrykk for ein sterkare kompetanse og større evne til å utvikle ein offensiv politikk for miljø og samfunnsutvikling enn dei som står utanfor.
Soria Moria-erklæringa har som målsetjing at kommunane sin natur- og miljøkompetanse skal gjenreisast. For å kunne oppfylle nasjonale mål knytte til biologisk mangfald, klima, transport og areal, jordvern, store samanhengande naturområde, villrein og andre miljø- og samfunnsmål som følgjer av ny plandel i Plan- og bygningslova, må kommunane ha ein god plan- og miljøkompetanse. Mange kommunar er i dag ikkje i stand til å arbeide med desse komplekse utfordringane på ein langsiktig og systematisk måte. Regjeringa vil komme tilbake til Stortinget med ei drøfting av verkemiddel som kan styrkje det lokale plan- og miljøarbeidet på brei basis.
Resultatområde 6 – underområde 2 Kommunal og regional planlegging
Planlegginga er sektorovergripande, og er viktig for gjennomføring av mål bl.a. innafor resultatområda 1 Naturens mangfald og friluftsliv, 2 Bevaring og bruk av kulturminne og 4 Eit stabilt klima og rein luft. Planlegginga skal sikre ei berekraftig forvaltning av landets samla arealressursar, skape gode fysiske miljø og sikre verdiskaping i lokalsamfunna. Ansvaret for planlegginga ligg i hovudsak til kommunestyra og fylkestinga, men skal skje i nært samråd med statlege fagstyresmakter, organisasjonar, næringsliv og innbyggjarar.
Tabell 11.3 Mål- og indikatortabell for resultatområde 6 underområde 2 kommunal og regional planlegging
Nasjonale resultatmål | Arbeidsmål | Resultatindikatorar |
---|---|---|
3. Kommunal planlegging skal samordne fysisk, økonomisk, sosial, estetisk og kulturell utvikling, sikre god arealforvaltning og tryggje berekraftig utvikling. | 3.1 Sikre at alle kommunar har samfunns- og arealdel av kommuneplan med tilfredsstillande kvalitet, at planane blir reviderte i tråd med krava i plan- og bygningslova og at kommunane følgjer opp nasjonalt prioriterte område i kommuneplanlegginga. | Talet på kommunar med samfunns- og arealdel i kommuneplan. Alder på kommuneplanens arealdel. Alder på kommuneplanens samfunnsdel. Talet på kommunar med gjeldande plan innafor prioriterte område, m.a. universell utforming, biologisk mangfald, friluftsliv eller kulturminne. Omfang av dispensasjonar som blir gitt innafor dei prioriterte arealpolitiske områda |
3.2 Sikre at kommunane utarbeider og behandlar reguleringsplanar og detaljplanar effektivt og med god kvalitet. | Talet på regulerings- og bebyggelsesplanar, av dette private framlegg. Tidsbruk i plansaker. Talet på kommunar som har teke i bruk Byggsøk plan ved innsending av private planar. Brutto driftsutgifter til fysisk planlegging og tilrettelegging i kommunane. |
Statusbeskriving
Arbeidsmål 3.1 Sikre at alle kommunar har samfunns- og arealdel av kommuneplan med tilfredsstillande kvalitet, at planane blir reviderte i tråd med krava i plan- og bygningslova og at kommunane følgjer opp nasjonalt prioriterte område i kommuneplanlegginga.
Kravet om ei berekraftig utvikling og demokrati viser behovet for kommuneplanen som strategisk plan for langsiktig utvikling av kommunen, både som samfunn og organisasjon. Dei fleste departementa stiller krav til kommunane på sine område. Det er viktig at kommuneplanane kan fange opp dei relevante sentrale plankrava utan at det nødvendigvis må utarbeidast eigne kommunale planar for dei ulike sektoromsyna. Det er f.eks. naudsynt å sjå næringsutvikling og verdiskaping, areal- og miljøforvaltning, levekår, folketalsutvikling og kommunal tenesteyting i nær samanheng.
Mange kommunar driv eit aktivt utviklingsarbeid når det gjeld kommunal planlegging. Miljøverndepartementet samarbeider med fylkeskommunane, fylkesmennene og KS om bistand og oppfølging av kommunane, m.a. gjennom programmet Livskraftige kommunar – kommunenettverk for miljø og samfunnsutvikling, jf. resultatmål 2.
I alt vart det vedteke 196 kommuneplanar eller kommunedelplanar for arealbruk, og 152 tematiske kommunedelplanar eller samfunnsdel av kommuneplanar i 2007. 376 kommunar gir opp i Kostra at dei har ein vedteken kommuneplan med samfunnsdel, og gjennomsnittleg alder er 5 år. Det er 385 kommunar som har vedteke arealdel til kommuneplanen, og planane er gjennomsnittleg 4 år gamle. Tala viser at mange kommunar har ei aktiv kommuneplanlegging, både for arealbruken og for den langsiktige samfunnsutviklinga. Men det er framleis ein del kommunar som ikkje har kommuneplan, eller relativt gamle planar. Dette gjeld i hovudsak kommunar med lite utbygging, og ein del byområde med eldre plangrunnlag.
Arbeidsmål 3.2 Sikre at kommunane utarbeider og behandlar reguleringsplanar og detaljplanar effektivt og med god kvalitet.
Kommunane vedtok i følgje tal frå Kostra ca. 2 100 reguleringsplanar i 2007. Av desse var om lag 1 600 private reguleringsforslag. I tillegg vart det vedteke 330 bebyggelsesplanar. Av desse var 280 private planforslag. Slike planar er viktig reiskap for kommunane for å sikre kvalitet i nærmiljø og utbygging, grønstruktur og uteareal, fellesareal, areal til barnehagar, skular og næringsverksemd mv. Departementet har eit aktivt rettleings- og nettverksarbeid mot kommunar, fylkeskommunar og fylkesmenn på dette området. I samband med vedtaket av ny plandel av plan- og bygningslova vil departementet styrkje rettleiinga mot kommunane, og legge vekt på korleis nye verktøy i lova kan nyttast for å sikre betre kommunal styring. Det er ei utfordring for kommunane å sikre heilskaplege og langsiktige rammer, når hovuddelen av planlegginga skjer som private planinnspel. Det er derfor viktig at kommunane brukar kommuneplanen aktivt for å sikre effektiv og god arealutnytting, samtidig som kravet til gode bu- og arbeidsmiljø blir tilfredsstilte.
Samla saksbehandlingstid er ein indikator på effektiviteten i kommunane sin planbehandling. I 2007 var gjennomsnittleg saksbehandlingstid for reguleringsplanar 235 kalenderdagar. Det er ein auke frå 208 året før. Det er dei største byane med over 30 000 innbyggjarar som har lengst saksbehandlingstid, gjennomsnittleg 362 dagar. Dei har òg dei største gebyra, på gjennomsnittleg 66 000 kroner for reguleringsplan. Det er store skilnader i storleik og kompleksitet mellom planane.
Tabell 11.4 Mål- og indikatortabell for resultatområde 6 underområde 2 kommunal og regional planlegging
Nasjonale resultatmål | Arbeidsmål | Resultatindikatorar |
---|---|---|
4. Den regionale planlegginga skal samordne statleg, regional og kommunal verksemd og areal- og ressursforvaltning over kommunegrensene. | 4.1 Sikre at alle fylkeskommunar har ei rullerande fylkesplanlegging og at prioriterte nasjonale område blir tekne opp i regionale planar, jf. underområde arealpolitikk. | Talet på godkjende planar. Ressursinnsats til regional planlegging. Talet på fylkeskommunar med gjeldande fylkesplan eller fylkesdelplan med fokus på universell utforming, klima, kulturminne og kulturmiljø. |
4.2 Leggje til rette for at hovudtrekka i arealbruk og forvaltning av naturressursar blir tekne opp i samordna planar på tvers av kommunegrensene. | Talet på regionar med planar som gir retningslinjer for arealbruk og naturressursar. |
Statusbeskriving
Arbeidsmål 4.1 Sikre at alle fylkeskommunar har ei rullerande fylkesplanlegging og at prioriterte nasjonale område blir tekne opp i regionale planar, jf. underområde arealpolitikk.
Alle fylkeskommunar rullerar planane sine med jamne mellomrom og tek opp nye tema i samsvar med lokale utfordringar og statlege politiske føringar. Det blir t.d. arbeidd med planar for vindkraft, energi- og klimaspørsmål og universell utforming. I 2007/2008 er 3 fylkesplanar og 7 fylkesdelplanar godkjende sentralt.
Arbeidsmål 4.2 Leggje til rette for at hovudtrekka i arealbruk og forvaltning av naturressursar blir tekne opp i samordna planar på tvers av kommunegrensene.
I alt 17 fylke hadde i 2007 regionale areal- og transportplanar. Dei største byregionane utarbeider slike planar og strategiar som innspel til Nasjonal transportplan. Fylkesdelplanar tar og opp andre tema som går på tvers av kommunane, mellom anna planar for fjellområde, villrein og kystsone.
Som nemnt under arbeidsmål 1.2 og 1.8 har Miljøverndepartementet teke initiativ til samordna arealplanlegging for vindkraft og fjellområde med villrein. Fylkeskommunane driv i aukande grad regional arealplanlegging knytt til by- og tettstadområde, kystsona og fjellområda. Regional arealplanlegging er òg grunnlaget for utbygging av større samferdselstiltak. I ny plandel av plan- og bygningslova blir det innført fleire nye verktøy som vil styrkje den regionale arealplanlegginga. Interkommunale planar vil utfylle regionale planar initiert av fylkeskommunen. Det er òg gitt eigne reglar som skal sikre betre samordning mellom statlege verneplanar etter naturvernlova og arealbruken i randsonene til slike område.
Tabell 11.5 Mål- og indikatortabell for resultatområde 6 underområde 2 kommunal og regional planlegging
Nasjonale resultatmål | Arbeidsmål | Resultatindikatorar |
---|---|---|
5. Planlegging etter plan- og bygningslova skal skje innafor rammene av nasjonal politikk, og vere eit effektivt verktøy for samordning mellom sektorar og forvaltningsnivå. | 5.1 Sikre klar og effektiv formidling av nasjonal politikk og statlege interesser til kommunar, regionalt nivå og statlege styresmakter. | Omfang av formidling og rettleiing. Talet på og typar formelle mot segner fremja i planprosessane, fordelt på motsegnsorgan og grunngiving. Talet på motsegnssaker avgjort av departementet og endringar gjort av eigengodkjente planar. |
5.2 Syte for oppdatert lov- og forskriftsverk, og bidra til god planpraksis i kommunar og fylkeskommunar m.a. gjennom aktive kompetansenettverk for kommunal og regional planlegging. | Status på oppdatering av lov- og forskriftsverk. Omfang og aktivitet i nettverka. | |
5.3 Utarbeide og revidere Rikspolitiske føresegner (RPB) og Rikspolitiske retningslinjer (RPR) for prioriterte politikkområde. | Utarbeiding og revisjon av RPR og RPB. Evaluering av gjeldande RPR. | |
5.4 I samarbeid med HOD følgje opp Helse i Plan og bruk av RPR som verktøy i planforankring av folkehelse og trygge lokalsamfunn. | Talet på kommunar med fokus på folkehelse i kommuneplanen. |
Statusbeskriving
Arbeidsmål 5.1 Sikre klar og effektiv formidling av nasjonal politikk og statlege interesser til kommunar, regionalt nivå og statlege styresmakter.
Miljøverndepartementet utarbeider vegleiing og formidlar nasjonal politikk og god planpraksis. Fylkeskommunane har etter lova ansvar for fagleg oppfølging innanfor planlegging, og står saman med fylkesmennene for formidling og oppfølging av kommunane og statlege sektorstyresmakter. Det er etablert fleire lærings- og utviklingsnettverk mellom departementet, fylkeskommunane og fylkesmennene for å sikre klar og effektiv formidling av nasjonal politikk og statlege interesser. Direktoratet for naturforvaltning og Riksantikvaren har viktige formidlingsoppgåver knytte til kommunal og regional planlegging innanfor sine fagfelt.
Etter ny plan- og bygningslov skal Kongen kvart 4. år utarbeide eit dokument med nasjonale forventningar til regional og kommunal planlegging. Eit slikt dokument skal utarbeidast innan to år etter at lova er sett i kraft.
Motsegnsinstituttet blir nytta av fylkeskommunen og statlege styresmakter for å sikre at nasjonale og viktige regionale interesser blir ivaretekne i planlegginga. I fjor vart det fremja motsegner til 124 kommuneplanar og kommunedelplanar. Det inneber at 53 pst. av planane vart møtte med motsegn. Vidare vart det fremja motsegner til 504 regulerings- og bebyggelsesplanar. Det betyr at 21 pst. av planane vart møtte med motsegn. Dei aller fleste motsegnene blir løyste gjennom planprosessen. Berre 34 planar enda opp i Miljøverndepartementet til avgjerd.
Arbeidsmål 5.2 Syte for oppdatert lov- og forskriftsverk, og bidra til god planpraksis i kommunar og fylkeskommunar m.a. gjennom aktive kompetansenettverk for kommunal og regional planlegging.
Regjeringa la våren 2008 fram forslag til ny plandel av plan- og bygningslova, jf. Ot.prp. nr. 32 (2007-2008). Lova vart vedteken av Stortinget 5. juni 2008, jf. Besl. O. nr. 84 (2007-2008), og er venta sett i verk frå 1. juli 2009. Det er planlagt eit vegleiingsprogram for kommunar, fylke og andre aktørar våren 2009.
Arbeidsmål 5.3 Utarbeide og revidere Rikspolitiske føresegner (RPB) og Rikspolitiske retningslinjer (RPR) for prioriterte politikkområde.
Rikspolitisk føresegn om kjøpesenter er vedteken. Føresegna inneber at retningslinjer for kjøpesenter i godkjende fylkesplanar og fylkesdelplanar, skal følgjast betre opp.
Arbeidsmål 5.4 I samarbeid med Helse- og omsorgsdepartementet følgje opp Helse i Plan og bruk av RPR som verktøy i planforankring av folkehelse og trygge lokalsamfunn.
30 kommunar deltek i prosjektet Helse i Plan, som er leia av HOD. Fokus er å integrere folkehelse i kommunane si planlegging. Høgskulane sitt arbeid med å styrkje plan- og prosesskompetansen i helsesektoren held fram.
Tabell 11.6 Mål- og indikatortabell for resultatområde 6 underområde 2 kommunal og regional planlegging
Nasjonale resultatmål | Arbeidsmål | Resultatindikatorar |
---|---|---|
6. Planar etter plan- og bygningslova og søknader etter sektorlover skal ha god dokumentasjon av vesentlege konsekvensar for miljø, naturressursar og samfunn. | 6.1 Utarbeide vegleiing for utgreiingar i planar etter pbl. | Tidsbruk for KU-saker i forhold til dei rammer forskrifta set. Utarbeiding av KU i fylkes- og kommuneplanar. Kvaliteten på planprogram og på utgreiingar og vurderingar i planar. |
Statusbeskriving
Arbeidsmål 6.1 Utarbeide vegleiing for utgreiingar i planar etter pbl.
Etter departementets vurdering er arbeidet med konsekvensutgreiingar (KU) etter plan- og bygningslova no blitt ein integrert del av kommunane sitt arbeid med arealplanar på oversiktsnivå, særleg kommuneplanens arealdel. Mange av dei konsekvensutgreiingane som er gjennomførte på dette nivået er ikkje av god nok kvalitet. Saman med underliggjande direktorat arbeider departementet derfor med å ferdigstille vegleiing om korleis ulike miljøtema skal utgreiast og presenterast i slike planar. I tillegg ferdigstiller departementet i år ei samling med eksempel på korleis planprogram og konsekvensutgreiingar kan gjennomførast for ulike typar planar.
Med ny plandel av plan- og bygningslova er arbeidet med å fullt ut å integrere KU-føresegnene for arealplanar og dei ordinære planføresegnene sluttført. Nye lovføresegner inneber at KU-forskrifta må reviderast, slik at denne kan tre i kraft saman med ny plandel av plan- og bygningslova.
Resultatområde 6 – underområde 3 Kart og geodata
Området omfattar etablering og drift av stadfesta basisinformasjon knytt til kart og geodata. Det dekkjer utvikling av standardar og regelverk og fagleg samarbeid med andre land på området, stimulering av norsk næringsutvikling innafor geografisk informasjonsteknologi (GIT), forsking og utvikling, og sikring av historisk geografisk informasjon. Området inkluderer òg eit forvaltningsansvar for å skaffe fram arealdata for planleggingsformål.
Tabell 11.7 Mål- og indikatortabell for resultatområde 6 underområde 3 Kart og geodata
Nasjonale resultatmål | Arbeidsmål | Resultatindikatorar |
---|---|---|
7. Landet skal ha eit einsarta geodetisk grunnlag (grunnlag av målepunkt) tilpassa satellittbasert stadfesting (koordinatbestemming). | 7.1 Ta del i internasjonalt samarbeid som er nødvendig for å overvake og oppdatere det nasjonale geodetiske grunnlaget. 7.2 Leggje til rette for effektiv bruk av satellittbasert stadfesting i eit nasjonalt geodetisk grunnlag. | Tal på kommunar med ferdig målt landsnett. Tal på kommunar med framført høgdegrunnlag (nivellement). |
Statusbeskriving
Arbeidsmål 7.1 Ta del i internasjonalt samarbeid som er nødvendig for å overvake og oppdatere det nasjonale geodetiske grunnlaget.
Verksemda ved Statens kartverks målestasjon i Ny-Ålesund er ein del av det internasjonale samarbeidet om globale referanserammer, som blant anna legg grunnlaget for bruk av globale teknikkar for satellittbasert stadfesting. Andre, mindre avanserte norske målestasjonar inngår og i samarbeidet. Globale referanserammer legg grunnlaget for bruk av nasjonale referanserammer. Grunna kontinuerlege endringar i jordas form, gravitasjonsfelt og rotasjonshastigheit er det behov for hyppige oppdateringar av referanserammene.
Statens kartverk vil starte arbeidet med oppgradering av stasjonen i Ny-Ålesund i 2009. Plasseringa av stasjonen, langt mot nord, gjer at stasjonen er særleg viktig for å danne korrekte geodetiske parameterar på nordlege breiddegradar. Saman med nettverket av andre permanente geodetiske stasjonar kan ein overvake jordskorpeflyttingar og -deformasjonar, og sikre ein god overgang mellom nasjonale og globale referanserammer.
I Europa blir det no utvikla nye globale system for satellittbasert stadfesting (EGNOS og Galileo). Desse kan bli til stor nytte for Noreg. Statens kartverk vil syte for å overvake ytinga til systema. I samarbeid med Norsk Romsenter vil etaten bidra til å fremje norske behov knytt til utvikling av dei nye systema.
Arbeidsmål 7.2 Leggje til rette for effektiv bruk av satellittbasert stadfesting i eit nasjonalt geodetisk grunnlag.
Overordna nasjonalt grunnlag, basert på internasjonal standard (EUREF89), kom på plass i 1997. Arbeidet med eit meir detaljert landsnett skjer i samarbeid med kommunar og andre brukarar som samfinansierte prosjekt. Statens kartverk sluttførte målearbeidet for landsnettet i 2007, og har lagt til rette for bruken i 2008. Mange kommunar må sjølve gjere noko arbeid før dei kan ta grunnlaget i bruk fullt ut. Pr. 1. juli 2008 har 338 kommunar innført EUREF89. Det er eit mål at alle kommunane skal ha teke EUREF89 i bruk i 2009.
Det gamle høgdegrunnlaget NN1954 har betydelege manglar, og er derfor dårleg tilpassa bruk av satellitteknologi. Statens kartverk har starta arbeidet med etablering av eit nytt nasjonalt høgdegrunnlag, NN2000. Det overordna grunnlaget vil vere på plass i 2008. Det er eit mål at 80 % av kommunane skal ha innført NN2000 i 2015.
Statens kartverk skal syte for å ha eit system som på ein effektiv måte støtter opp om all privat og offentleg oppmåling, kartlegging og navigasjon gjennom distribusjon av den nasjonale referanseramma. I denne samanhengen har Statens kartverk ansvar for å utarbeide og drive tenestar som kan ta i bruk satellittinformasjon til posisjonering. Det blir i samarbeid med kommunar og privat sektor bygd ut nettverk som gir større grannsemd ved bruk av satellittdata. Talet på brukarar av denne tenesta er nå om lag 450 og er venta å auke etter som nye nettverk blir utbygde. Så langt er det nesten samanhengande dekning i område med busetnad nord til og med Trøndelag og i store delar av Nordland og Troms. Det er venta at tenesta vil vere landsdekkjande i 2010.
Tabell 11.8 Mål- og indikatortabell for resultatområde 6 underområde 3 Kart og geodata
Nasjonale resultatmål | Arbeidsmål | Resultatindikatorar |
---|---|---|
8. Landet skal ha ein tenleg infrastruktur av nasjonale geografiske databasar. | 8.1 Syte for at alle offentlege etatar deltek i samarbeidet Noreg digitalt. | Tal på kommunar og andre som har teikna avtale om Noreg digitalt. |
8.2 Bidra til at geodata blir gjort tilgjengeleg og synleg innan nye område. | Prosentvis del av felles geodata som står att å etablere for landområda. |
Statusbeskriving
Arbeidsmål 8.1 Syte for at alle offentlege etatar deltek i samarbeidet Noreg digitalt.
Noreg digitalt er eit samarbeid om etablering, drift, vedlikehald og distribusjon av geografiske data. Statens kartverk er den sentrale koordinatoren og tilretteleggjaren i samarbeidet. I 2008 omfattar Noreg digitalt om lag 600 partar. Dei fleste statlege etatar med ansvar for utarbeiding og bruk av geografiske data tek del. Nesten alle kommunar og fylkeskommunar er partar. Målet er at alle kommunane tek del i Noreg digitalt i 2009.
Etablering av Noreg digitalt med landsdekkjande grunnkartdata og temadata etter felles standard er eit omfattande arbeid. Produksjon og tilrettelegging av temadata har verksemdene sjølve ansvar for. Progresjonen i etablering av dei enkelte temadata vil avhenge av kapasiteten i desse verksemdene. Produksjon av grunnkartdata vil bli koordinert av Statens kartverk, med økonomisk bidrag frå samarbeidspartane i Noreg digitalt. Sjølv om alle sluttar opp om samarbeidet, er det ikkje venta at Noreg vil vere dekt med digitale kartdata på land før tidlegast i 2015. I 2008 er noko over 50 pst. av denne dataetableringa fullført. Areal i byar og tettstader er i hovudsak dekt. Utfordringa for desse areala ligg i vedlikehald av data.
Arbeidsmål 8.2 Bidra til at geodata blir gjort tilgjengeleg og synleg innan nye område.
Gjennom samarbeidet Noreg digitalt arbeider Statens kartverk for at eksisterande og nye partar skal sjå moglegheitene som ligg i bruk av geodata. Ved å gjere data tilgjengeleg gjennom Internettportalar kan dei nyttast på ein enkel måte både av partane og andre. Det gjev moglegheit for å nytte data frå ulike datakjelder, og knyte desse saman. Både forvaltninga og privat verksemd har høve til å framstille nye produkt basert på geografiske data.
Statens kartverk er registerførar for hinder som kan vere farlege for luftfarten, jf. forskrift av 14. april 2003, heimla i luftfartslova. Statens kartverk arbeider for å få med flest mogleg data frå eigarane av slike hinder. Alle betydelege hinder var registrerte ved utgangen av 2007. Frå 2008 gikk ein inn i ein vedlikehaldsfase der den enkelte eigar av luftfartshinder rapporterer nye hinder inn til registeret etter reglane i luftfartslova.
Utrykingsetatane: AMK-sentralar/ambulanse, brann og politi er først og fremst avhengig av høg kvalitet og kontinuerleg oppdatering av adresse- og veginformasjon. Eit kvalitetshevingsprosjekt av veginformasjon vil bli gjennomført i samarbeid med Statens vegvesen i perioden 2008 – 2010.
Bruk av pålitelege elektroniske sjøkart i kombinasjon med moderne navigasjonssystem gir betre tryggleik til sjøs. Bruk av slike system reduserer faren for skade på personar og miljø, reduserer materielle kostnader, aukar regulariteten for skipstrafikken, kortar ned tidsbruken på skipsruter og styrkjer næringsgrunnlaget langs kysten. Det er frå 2008 samanhengande elektroniske sjøkart for heile norskekysten. Alle viktige farleier er no dekte med kart for sikker ferdsel, men arbeidet med å betre kvaliteten på kartgrunnlaget vil halde fram i dei område der karta er baserte på data av eldre dato. Det vert arbeidd for at alle større skip som ferdast langs norskekysten, skal få påbod om bruk av offentleg godkjende elektroniske sjøkart i kombinasjon med moderne navigasjonssystem.
Dei siste åra er det blitt sendt ein årleg sjømålingsekspedisjon til Svalbard. Saman med investeringar i ny teknologi har dette gitt god framdrift i den aktuelle målesesongen frå juli til september/oktober. Til no er noko over 50 pst. av samla areal dekt med tidsmessige målingar, hovudsakleg område djupare enn 20 m. I åra som kjem vil innsatsen bli konsentrert i prioriterte, grunnare område. Dette fører til at det ikkje kan målast like store areal kvart år, då det tek lengre tid å måle i grunne område. Dei viktigaste sjøområda blir målte først. Det må no òg takast omsyn til at nye areal blir gjort tilgjengelege som følgje av auka nedsmelting av is i polarbassenget.
Statens kartverk skal føre vidare arbeidet med gjennomføring av det marine kartleggings- og kunnskapsprogrammet Mareano, som vart starta i 2005. Det vil bli fokusert på kartlegging av havbotnen og tilrettelegging av data for ulik bruk, bl.a. forvaltning av biologisk mangfald.
Tabell 11.9 Mål- og indikatortabell for resultatområde 6 underområde 3 Kart og geodata
Nasjonale resultatmål | Arbeidsmål | Resultatindikatorar |
---|---|---|
9. Landet skal vere dekt av tenlege trykte og digitale kartseriar. | 9.1 Ajourføring av trykte og digitale kartseriar. | Ajourhaldsfrekvens for trykt hovudkartserie Noreg 1:50000 Delen av autoriserte elektroniske sjøkart for norskekysten etter internasjonal standard i prosent av total. |
Statusbeskriving
Arbeidsmål 9.1 Ajourføring av trykte og digitale kartseriar.
Første gongs produksjon av økonomisk kartverk vart fullført i 2002, og omfattar vel 180 000 km2, dvs. alt vesentleg produktivt areal, til saman over 32 000 kartblad. Frekvensen på ajourføringa av denne typen kart har vore 18 år. «N50», den digitale førsteutgåva av hovudkartserien for Noreg 1: 50 000, vart lansert i 2001. I 2005 starta produksjonen av dei første N50-kombikarta med land- og sjøinformasjon i same kart. Det blir no ajourført mellom 60 og 100 kartblad kvart år av N50 av totalt ca 700, noko som gjer at ajourføringsgraden vil auke sterkt.
Tabell 11.10 Mål- og indikatortabell for resultatområde 6 underområde 3 Kart og geodata
Nasjonale resultatmål | Arbeidsmål | Resultatindikatorar |
---|---|---|
10. Geografiske data skal vere lett tilgjengelege og kunne nyttast effektivt på tvers av sektorar og forvaltningsnivå. | 10.1 Bidra til at geodata blir etablert på standardisert form. | Utvikling og bruk av nasjonale og internasjonale standardar. |
10.2 Syte for effektiv formidling av geodata til brukarane. | Databruken innan samarbeidet Noreg digitalt. |
Statusbeskriving
Arbeidsmål 10.1 Bidra til at geodata blir etablerte på standardisert form.
Det er særs viktig å få på plass og ta i bruk aksepterte nasjonale og internasjonale standardar for felles bruk av geografiske data.
Statens kartverk har ei oppgåve som sentral koordinator og bidragsytar i eit vellykka standardiseringsarbeid nasjonalt. Miljøforvaltninga spesielt, og offentleg forvaltning generelt, skal gjennomføre planmessig bruk av slike standardar.
Noreg er og aktivt med i utvikling og bruk av felles standardar internasjonalt. Inspire er eit nytt EU-direktiv for geografisk infrastruktur i Europa. Direktivet trådde i kraft 15. mai 2007. Inspire skal byggje på dei einskilde landa sine nasjonale geografiske infrastrukturar, men slik at data frå kvart land kan nyttast på standardisert form saman med data frå andre land. Basert på erfaringar med norske standardar tek Statens kartverk del i utforminga av dei europeiske standardane.
For sjøkartlegging finst det eigne standardar, som vert nytta ved produksjon av elektroniske sjøkart i norske farvatn.
Arbeidsmål 10.2 Syte for effektiv formidling av geodata til brukarane.
Innanfor samarbeidet Noreg digitalt vil partane få tilgang til data som er tilrettelagt ved bruk av standardar. Ved konvertering av sjøkartdata vil data for kysten og dei kystnære områda bli lagt til rette for bruk saman med kartdata for landområda. Etter konvertering vil sjødata vere tilpassa standardane for bruk på land. Formidling av data til aktørar utanfor samarbeidet Noreg digitalt skjer gjennom statsaksjeselskapet Norsk Eigedomsinformasjon. Data er lagt til rette etter dei same standardane også for denne formidlingstenesta.
Geodata er eit verkemiddel for at kommunane og den statlege forvaltninga skal oppnå effektiviseringsvinstar og betre resultat innafor område der det ofte er utarbeidd nasjonale målsetjingar. Kommunane har ei sentral rolle som planstyresmakt. Geografisk informasjon presentert på kart, framstiller viktig faginformasjon på ein forenkla og biletleg måte. Geodata kommuniserer derfor effektivt med brukargrupper som ikkje har spesialkompetanse på det enkelte fagfeltet.
Arealdata, ressursdata, miljødata og plandata inngår saman med basis geodata i den felles geografiske infrastrukturen Noreg digitalt. Det har gjennom fleire år vore arbeidd med temadata og basis geodata i samarbeid mellom kommunar, fylke og statlege fagstyresmakter leia av Statens kartverk. Data for tilgjenge blir no utvikla som nytt fagtema til bruk i planlegging og forvaltning. I 2009 skal arbeidet med å få fram ein god struktur for plandata fortsette. Med eit stadig aukande tal partar i samarbeidet Noreg digitalt, har det skjedd ein stor auke i databruken, ikkje minst med gjensidig bruk av temadata.
Sjøkartverket har etablert ei koordineringsteneste, Primar Stavanger, for å gjere elektroniske sjøkart tilgjengelege i det internasjonale maritime miljøet. Sjøkartverket leverer i dag sjøkartdata frå 38 nasjonar gjennom denne tenesta. Store delar av kyststrekningane i dei samarbeidande landa er dekte. Om lag 3100 brukarar nyttar kartdata formidla gjennom Primar Stavanger. Blant brukarane er og den norske lostenesta. Det er ei sentral målsetjing å få sjøkarttenestene i fleire land med i samarbeidet for å kunne gi eit mest mogleg samla tilbod av sjøkart til brukarane. Kostnadene ved drift av tenesta er dekte ved brukarbetaling.
Tabell 11.11 Mål- og indikatortabell for resultatområde 6 underområde 3 Kart og geodata
Nasjonale resultatmål | Arbeidsmål | Resultatindikatorar |
---|---|---|
11. Landet skal ha ei samla informasjonskjelde for eigedomsdata som kan dekkje behova i offentleg og privat sektor. | 11.1 Etablere Statens kartverk som statleg matrikkelstyresmakt, og syte for at matrikkelen blir etablert og halden à jour i alle kommunar. | Tal på kommunar som tek i bruk nytt matrikkelsystem. |
Statusbeskriving
Arbeidsmål 11.1 Etablere Statens kartverk som statleg matrikkelstyresmakt, og syte for at matrikkelen blir etablert og halden à jour i alle kommunar.
Revidert lov om eigedomsregistrering vart vedteken i juni 2007. Lova er sanksjonert og kommunane skal sjølve utføre eigedomsmålingar, som i dag. Lova vil tre i kraft i 2009, samtidig med endeleg iverksetjing av matrikkelen og med nødvendige forskrifter. Statens kartverk vil halde fram med å byggje opp kapasitet og kompetanse for å ivareta rolla som sentral matrikkelstyresmakt etter lova. Ei viktig oppgåve vil vere å yte fagleg støtte til kommunane.
Det nasjonale eigedomsregisteret i Noreg har gjennom fleire år bestått av tre element: grunneigedoms-, adresse- og bygningsregisteret (GAB), elektronisk grunnbok og digitalt eigedomskartverk (DEK). Arbeidet med etablering av digitalt eigedomskartverk er eit samarbeid mellom Statens kartverk og den einskilde kommunen. I GAB og elektronisk grunnbok finn ein komplett oppgåve over eigedommane i Noreg. Ca. 89 pst. av eigedommane er etablerte med eigedomsgrenser i DEK, og det er samsvar mellom GAB og DEK.
Det nyutvikla registeret Matrikkelen vil no erstatte GAB og DEK. Registeret skal spele saman med andre register, bl.a. elektronisk grunnbok. I løpet av 2008 er kartdata frå DEK og data frå GAB konvertert til Matrikkelen i mange kommunar. Data for dei resterande kommunane vil bli konvertert i 2009. Statens kartverk er ansvarleg for drifta av den sentrale Matrikkelen, medan kommunane lokalt fører sine data. Ved vidare utvikling av registeret vil informasjon om universell utforming og tilgjenge til bygningar vere ein viktig dimensjon.
I løpet av 2007 vart overføringa av ansvaret for tinglysing til Statens kartverk sluttført. Justisdepartementet er ansvarleg departement for tinglysinga. I Ullensvang har Statens kartverk etablert eit elektronisk register for delar i burettar og eit senter for tinglysingsspørsmål. Registeret for delar i burettar skal finansierast av brukarane. Kommunal- og regionaldepartementet er ansvarleg departement for dette registeret.
Statens kartverk forvaltar no heile det nasjonale eigedomsregisteret. Det er venta at denne samlinga av ansvar vil gi ei effektiv forvaltning av informasjon om eigedommar i Noreg.
Verkemiddelomtale
Finansieringa av resultatområdet er i hovudsak dekt over kapitla 1400, 1410, 1427, 1429 og 1441. Fylkesmannen har òg ansvar for oppgåver under resultatområde 6. Midlar til lønn og drift for desse oppgåvene er budsjetterte på kap. 1510 Fylkesmannsembeta, under Fornyings- og administrasjonsdepartementets budsjett.
Føresegnene i plan- og bygningslova om planlegging og konsekvensutgreiing er det viktigaste verkemidlet på resultatområdet. Rikspolitiske retningslinjer, som konkretiserer den nasjonale politikken, skal leggjast til grunn for all planlegging i kommunar, fylkeskommunar og statlege organ.
For å medverke til avgjerder som fungerer godt for samfunnet, må det utviklast eit godt plansamarbeid mellom kommunar, fylke og statlege etatar. Hovudansvaret for bruk av plan- og bygningslova er lagt til kommunane, som normalt fattar endeleg vedtak om arealbruken. Etatane på regionalt nivå må i ein tidleg fase av planarbeidet gjere kommunen kjent med nasjonale og viktige regionale interesser.
I samarbeid med Kommunal- og regionaldepartementet blir det arbeidd med å leggje til rette for elektronisk saksbehandling i plan- og byggjesaker. Departementet gir ut rettleiing og rundskriv knytte til regelverket og vil halde god kontakt med instansar som har viktige oppgåver i forminga av dei fysiske omgivnadane. Avgjerder og lovfortolkingar blir publiserte i rettskjelderegisteret Easy-find og publikasjonen PlanJuss. Det er vidare lagt stor vekt på å formidle fortløpande informasjon over departementets internettsider www.planlegging.no. Tiltak som aukar kompetansen innan planbistand internasjonalt er òg ein del av departementets innsats.
Kap. 1400 post 80 – Tilskot til universell utforming og tilgjenge for alle – vart oppretta i 2005 i samband med oppfølging av Handlingsplan for auka tilgjenge gjennom universell utforming. Ordninga skal medverke til nyskaping og til samarbeid om gode løysingar på Miljøverndepartementets arbeidsområde og er eit viktig verkemiddel for å innarbeide universell utforming som strategi for auka tilgjenge.
Kap. 1400 Post 81 – Tilskot til lokalt miljø og berekraftige lokalsamfunn – vart oppretta i 2006 og skal bl.a. støtte opp under programmet Livskraftige kommunar.
Underområde Kart og geodata er planlagt finansiert med 391 mill. kroner i 2009, der alt i hovudsak blir dekt over kapitla 1465 og 2465. I tillegg dekkjer statsoppdraget midlar til delar av Statens kartverks drift som blir finansierte over resultatområde 7. Kapitla 1400, 1425, 1427, 1429 og 1441 er òg med på å finansiere resultatområdet. Kapittel 412 over Justisdepartementets budsjett dekkjer Statens kartverks kostnader til tinglysing.
Statens kartverk utfører i all hovudsak Miljøverndepartementets oppgåver innan resultatområdet. Statens kartverk er det nasjonale fagorganet som skal kvalitetssikre og leggje til rette geodata for heile det norske samfunnet. Kommunane har òg eit betydeleg ansvar. Verksemda i kommunane er tradisjonelt knytt til GAB-registrering og teknisk kartlegging som er nødvendig for planlegging og saksbehandling etter Plan- og bygningslova. Statens kartverk har eit tradisjonelt ansvar for å etablere og forvalte nasjonale kartseriar til sjøs og til lands, og å halde offisielle register oppdaterte. Etablering av databasar og produksjon av kart i digital form har lenge vore den store utfordringa, og vil vere det i fleire år framover.
Når kart og stadfesta informasjon blir forvalta i digital form, er ikkje informasjonen lenger knytt til ein bestemt kartmålestokk. Data samla inn til bruk for eitt formål, f.eks. lokalt i ein kommune, er like godt eigna til bruk i landsomfattande kartseriar. Å utnytte innsamla data på tvers av forvaltningsnivåa stiller krav til samarbeid om felles dataforvaltning både mellom stat og kommune og mellom dei forskjellige statlege deltakarane.
Data forvalta av samarbeidet Noreg digitalt er omsette i den kommersielle marknaden. Partane i Noreg digitalt må tilpasse seg det prisregime for denne typen informasjon som Noreg til ei kvar tid er bunde av gjennom EØS-regelverket.
Statens kartverk er eitt av Miljøverndepartementets og NORADs fagsenter for miljøutvikling, og deltek med jamne mellomrom i norske bistandsprosjekt i fleire land. I 2005 vart det oppretta eit internasjonalt senter for eigedomsrett og -utvikling ved Statens kartverk. Senteret er oppretta for å samle og styrkje kompetansen på dette området. NORAD, Utanriksdepartementet og ambassadane får rådgiving i sitt internasjonale engasjement innan formalisering av rett til fast eigedom gjennom senteret.
Noreg skal dei næraste åra medverke med betydelege midlar (EØS-finansieringsordningane) til utviklinga av samfunna i dei nye EU-medlemslanda. I samarbeid med nokre av mottakarlanda for desse midlane skal Statens kartverk prøve å få realisert prosjekt som overfører norsk kart- og geodatakompetanse.
EU har i 2007 vedteke eit miljødirektiv om kart og geodata, kalla INSPIRE. Det er starta eit arbeid med korleis direktivet skal implementerast i norsk rett.
12 Resultatområde 7 Tverrgåande verkemiddel og oppgåver
Resultatområdet omfattar oppgåver og verkemiddel som går på tvers av alle resultatområda i miljøforvaltninga. Resultatområdet har dermed ikkje eigne nasjonale mål, men må sjåast i lys av resultatområda 1-6. Resultatområdet innverkar følgjeleg på resultatoppnåinga innafor alle dei andre resultatområda.
Resultatområdet er delt inn i følgjande underområde
7. 1. Styring og administrasjon
7. 2. Sektorovergripande arbeid
Områdeovergripande internasjonalt arbeid er omtalt under resultatområde 5.
Strategiske mål
Miljøforvaltninga skal innrette verksemda slik at måla i miljøpolitikken blir nådde. Styrings- og kostnadseffektivitet skal vere grunnleggjande for valet av verkemiddel.
Miljøomsyn skal integrerast i alle sektorar av samfunnet. Kunnskap, informasjon og kommunikasjon skal medverke til å styrkje forståinga av miljøspørsmåla og til at avgjerder som påverkar miljøet blir tekne på grunnlag av best tilgjengelege kunnskap.
Resultatområde 7 – underområde 1 Styring og administrasjon
Definisjon og avgrensing
Oppgåvene under dette underområdet er knytte til:
Styring, leiing og organisering av miljøforvaltninga, budsjettarbeid, internadministrasjon som internadministrativt utviklingsarbeid og oppgåver innafor personale, økonomi, IKT, beredskap, miljøleiing internt og forvaltningsoppgåver som ikkje naturleg høyrer inn under dei andre resultatområda.
Tabell 12.1 Mål- og indikatortabell for resultatområde 7 underområde 1 Styring og administrasjon
Miljøforvaltningas arbeidsmål | Miljøforvaltningas resultatindikatorar |
---|---|
1. Styringa av miljøforvaltninga skal følgje opp dei politiske prioriteringane, arbeidet med å gjennomføre politikken og vere effektiv. | Gjennomført evaluering av budsjettprosessen. Gjennomført evaluering av styringsdialogen. |
2. Sikre at internadministrasjonen av miljøforvaltninga er målretta, effektiv og miljøvennleg, og i samsvar med overordna mål og retningslinjer for statsforvaltninga. | Godt utført planlegging, økonomistyring, personalforvaltning og annan internadministrasjon. Utviklinga innafor IKT har gode nytteuttak av investeringar som er gjort, og det er tilrettelagt for effektiv datautveksling mellom fagsystem. Oppdatert internt regelverk. Godt utført planlegging og gjennomføring av tiltak for organisasjonsutvikling, og god oppfølging av andre tiltak innafor Regjeringas arbeid med fornying. Gjennomført interne tiltak i tråd med handlingsplanen for miljø- og samfunnsansvar for offentlege anskaffingar, under dette miljøpolitikken for statlege innkjøp i Miljøverndepartementet. |
3. Følgje opp beredskapsarbeid og sikre miljøforvaltningas evne til å handtere kriser. | Oppdatert og ferdigstilt planverk for beredskapen i miljøforvaltninga. |
4. Bidra til å sikre rammevilkår og verkemiddel for miljøarbeidet hos fylkesmannen. | Måloppnåing i fylkesmannens miljøarbeid. |
Statusbeskriving
Arbeidsmål 1. Styringa av miljøforvaltninga skal følgje opp dei politiske prioriteringane, arbeidet med å gjennomføre politikken og vere effektiv.
Det er utvikla eit heilskapleg system for styring, prioritering og resultatmåling/oppfølging i miljøforvaltninga. Systemet dekkjer alle nivå, og skal ivareta alle formål, under dette òg departementets arbeid med etatsstyring. Departementet arbeider med å innarbeide risikoanalyser som ein integrert del av mål- og resultatstyringssystemet, og fleire risikoanalysar er gjennomførte i 2007 og 2008. Tiltak for ytterlegare effektivisering og forenkling av arbeidet i miljøforvaltninga er under jamleg vurdering.
Arbeidsmål 2. Sikre at internadministrasjonen av miljøforvaltninga er målretta, effektiv og miljøvennleg, og i samsvar med overordna retningslinjer for statsforvaltninga.
Det er utarbeidd eit overordna plan- og styringsdokument for å leie miljøforvaltninga mest mogleg målretta og effektivt. Det blir arbeidd fortløpande med organisasjonsutvikling i tråd med Regjeringas fornyingsarbeid.
Miljøverndepartementet vil ha fokus på kompetanseutvikling og rekrutteringsstrategi, og setje i verk konkrete tiltak knytte til dette. Det blir arbeidd kontinuerleg med vidareutvikling av sentrale personalpolitiske område, under dette livsfasepolitikk, inkluderande arbeidsliv, mobilitet, likestilling og medbestemming. Departementet har gjennomført internkontroll av det fysiske og psykososiale arbeidsmiljøet, og erfaringane frå dette skal nyttast for å halde på og auke vitaliteten i organisasjonen og utvikle departementet vidare som attraktiv arbeidsplass. Undersøkinga blir bl.a. følgd opp med utvikling av leiing, styrking av den individuelle oppfølginga av medarbeidarane og tilrettelegging for læring og kunnskapsoverføring. Bruken av informasjonsteknologi skal medverke til effektive og betre arbeidsprosessar. Internadministrative system i miljøforvaltninga skal fornyast og utviklast der gevinstane ved å gjere dette er store. Strategi for IKT i heile miljøforvaltninga er fornya. Strategien har fokus på informasjonsutveksling med sluttbrukarane og andre delar av statsforvaltninga. Oppfølging av strategien er eit forpliktande samarbeid mellom departement og etatar.
Handlingsplanen for miljø- og samfunnsansvar i offentlige anskaffingar når det gjeld miljøomsyn skal gjennomførast. Vidareføring av Grøn stat er ein del av handlingsplanen. Handlingsplanen har ein eigen miljøpolitikk for statlege innkjøp av prioriterte produktgrupper. Handlingsplanen blir følgt opp gjennom å integrere miljøleiing i departementet sitt system for verksemdsplanlegging og gjennomføring av ISO 14001-sertifisering. I 2008 vart departementet resertifisert etter å ha hatt systemet i drift i tre år. Departementet gjennomfører årleg ein internrevisjon av systemet. Arbeidet med Grøn stat forpliktar medarbeidarane til å delta, bl.a. gjennom innspel om ulike forslag til tiltak og utbetringar. Tiltaksplanen for Grøn stat i Miljøverndepartementet er basert på dei fire satsingsområda; innkjøp, transport, avfall, og bygg og energi.
MD har ei aktiv rolle i den interdepartementale Arbeidsgruppa for bruk av IKT til å forbetre miljøet og følgje opp dette arbeidet i miljøforvaltninga og i samarbeid med andre departementer.
Arbeidsmål 3. Følgje opp beredskapsarbeid og sikre miljøforvaltnings evne til å handtere kriser.
Beredskapsarbeidet er følgt opp gjennom årlege revisjonar av planverket og gjennomføring av fleire beredskapsøvingar for departementet og etatane. I tillegg deltek departementet på eksterne øvingar som omfattar ansvarsområda våre. Det er nedsett ei koordineringsgruppe leia av Miljøverndepartementet som skal ivareta tverrsektorielle oppgåver på klimatilpassingsområdet. DSB hadde i 2008 tilsyn med beredskapsarbeidet i Miljøverndepartementet og det vil i tida framover bli arbeidd med oppfølginga av denne.
Arbeidsmål 4. Bidra til å sikre rammevilkår og verkemiddel for miljøarbeidet hos fylkesmannen.
Fylkesmannen er statens fremste representant i fylket, og den statlige regionale miljøforvaltninga er lagt til fylkesmennene. Fylkesmennene ser til at nasjonale miljømål blir følgt opp regionalt og lokalt, og det arbeidet som fylkesmennene gjennomfører er ein føresetnad for å gjennomføre Regjeringas politikk. Fylkesmannen har ei sentral rolle knytt til samarbeid og samordning med andre sektorar, og forvaltar viktige delar av lovverket på miljøområdet. Fylkesmannens arbeidsoppgåver skal vere i samsvar med Regjeringas prioriteringar. Der internasjonale konvensjonar medfører regionale plikter, må dette prioriterast. Samla sett er miljøavdelinganes innsats i hovudsak retta mot resultatområda 1. Naturens mangfald og friluftsliv, 3 Reint hav og vatn og giftfritt samfunn, 4. Eit stabilt klima og rein luft og 6. Planlegging for ei berekraftig utvikling. I tillegg har Miljøverndepartementet ansvaret for andre avdelingar hos fylkesmannen når det gjeld område av meir tverrsektoriell karakter under resultatområde 6 Planlegging for ei berekraftig utvikling, under dette kart og geodata. Fylkesmannens viktigaste oppgåver er knytte til:
Verneplanarbeidet der tempoet skal haldast oppe i tråd med framdriftsplanar for nasjonalparkplanen, vidareføring av arbeidet med nytt skogvern, under dette vern av skog på statsgrunn, og marin verneplan. Sluttføring av nasjonalparkplanen har høgste prioritet.
Styrkt forvaltning av verneområda, under dette utarbeiding av forvaltningsplanar for dei store verneområda og dei viktigaste naturreservata. Auka samhandling med brukarane av verneområda vil ha høg prioritet.
Vassforvaltning der 9 fylkesmannsembete i vassforskrifta er peikte ut som vassregionstyresmakter (jf. EUs vassrammedirektiv). Desse fylkesmannsembeta skal i eigen vassregion i samarbeid med relevante sektorar og dei andre fylkesmannsembeta syte for utarbeiding av forvaltningsplanar i medhald av krav i forskrifta.
Oppfølging av ordninga med nasjonale laksevassdrag og laksefjordar. Fylkesmennenes arbeid med kartlegging av bestandssituasjonen er viktig i eit nasjonalt perspektiv og må prioriterast. Vidare skal kampen mot lakseparasitten Gyrodactylus salaris førast vidare.
Rovviltforvaltninga, der arbeidet skal førast vidare i tråd med Stortingets behandling av St.meld. nr. 15 (2003-2004) Rovvilt i norsk natur. Regionale rovviltnemnder har eit hovudansvar. Fylkesmennene skal fatte enkeltvedtak knytte til felling av rovvilt innafor dei rammene som rovviltnemndene set. Fylkesmannen har vidare ansvar knytt til betre samordning av landbrukspolitiske, reindriftspolitiske og miljøpolitiske verkemiddel på regionalt nivå.
Nedkjemping av framande arter, der Fylkesmannen skal medverke til samordning av tiltak på regionalt nivå og gi råd til kommunane på dette temaet. Fylkesmennene kan òg ta initiativ til handlingsplanar og tiltak på regionalt nivå.
Friluftsliv, der det skal leggjast til rette for friluftsliv og at allmenta skal sikrast tilgang til friluftsområde. Fylkesmennene må halde god framdrift i arbeidet med sikring av friluftsområde, særleg i strandsona.
Arbeidet med tilpassing til klimaendringar, der fylkesmannen har ei sentral rolle. Dei utfordringane klimaendringane stiller oss overfor er svært samansette, med alvorlege konsekvensar for naturen og fleire viktige samfunnsområde.
Bidrag til reduksjon av klimagassutslepp bl.a. gjennom sitt arbeid på avfallsområdet og bidrag til regionale og kommunale planar.
Delta i landsomfattande aksjonar, og følgje opp industriverksemder innan sitt myndeområde. Dette inngår som eit ledd i Regjeringas styrking av tilsynet med prioriterte helse- og miljøfarlege kjemikaliar og farleg avfall.
Følgje opp og setje i verk tiltaksplanar for forureina sediment, og føre vidare arbeidet med grunnforureining, m.a. i forhold til nedlagte avfallsdeponi. Dette er eit ledd i Regjeringas arbeid med å sikre at forureina sediment ikkje fører til alvorlege forureiningsproblem.
Ansvar for regional stats deltaking og medverknad i den regionale planlegginga, og ansvaret for at nasjonal politikk blir formidla og teken vare på. Fylkesmannen har òg ei oppgåve i å samordne dei statlege interessene i planarbeidet, utføre mekling i motsegnsaker og behandle klager på regulerings- og utbyggingsplanar.
Informasjon er eit prioritert verkemiddel for heile miljøforvaltninga. Fylkesmannen skal derfor framleis prioritere innhenting, kvalitetssikring, levering og forvaltning av miljø- og geodata. Dataforvaltninga skjer ved hjelp av sentrale fagsystem som er ein del av den nasjonale geografiske infrastrukturen. Fylkesmannen har ei sentral rolle i planlegging og gjennomføring av aktivitetar under «Nasjonalt program for kartlegging og overvaking av biologisk mangfald».Vidare formidlar fylkesmannen kunnskap om utvikling i miljøtilstand og arealbruk.
Fylkesmannen skal i sin dialog med kommunane om prioriterte miljøutfordringar utnytte skjønnsmidlane strategisk.
Ein viser elles til Fornyings- og administrasjonsdepartementets budsjettproposisjon, Programkategori 01.10 Fylkesmennene.
Resultatområde 7 – underområde 2 Sektorovergripande arbeid
Definisjon og avgrensing
Miljøovervaking og miljøforsking er sentrale verkemiddel for innhenting, utvikling og formidling av kunnskap om alle sider av miljøet. Miljøovervakinga omfattar regelmessig og langsiktig innhenting av kunnskap om miljøtilstanden og om situasjonar der årsaka til potensielle miljøproblem er kjende. Miljøovervakinga vil samstundes bidra til ny kunnskap om miljøet. Miljøforskinga er meir langsiktig og skal få fram ny kunnskap som er viktig for miljøpolitikken. I tillegg vil utgreiingar gi viktig kunnskap om særlege problemstillingar som det er viktig å få supplerande kunnskap om, både for forsking og overvaking. Formidling av kunnskapen som kjem frå overvaking og forsking ligg òg under dette resultatområdet, men må sjåast i samanheng med anna formidling av informasjon om miljøspørsmål.
Underområdet omhandlar òg ei rekkje ulike verkemiddel i arbeidet med å integrere og forankre miljøomsyn i alle delar av samfunnet på ein effektiv måte. Dette gjeld:
Samarbeid med andre departement, f. eks. når det gjeld kunnskap om miljø, arbeid med Stortingsmelding om Regjeringas miljøpolitikk og rikets miljøtilstand, miljøprofilen i statsbudsjettet, nasjonal strategi for berekraftig utvikling (NA21) og skatte- og avgiftspolitikken.
Arbeid med formidling, informasjon og kommunikasjon om miljøspørsmål på ulike nivå og med ei rekkje ulike målgrupper. Pressearbeid og kampanjar er ein viktig del i dette arbeidet.
Andre sentrale verkemiddel som er dekte av dette underområdet er arbeidet for å fremje miljøeffektiv produksjon og forbruk og minske miljøskadane ved økonomisk vekst, utvikle Noreg til eit føregangsland for miljøteknologi, arbeide med auka miljø- og samfunnsansvar i offentlige anskaffingar og etablere ein sterkare samanheng mellom forbrukar- og miljøspørsmål, og å gjere det enklare å vere miljøvennleg i kvardagen.
Tabell 12.2 Mål- og indikatortabell for resultatområde 7 underområde 2 Sektorovergripande arbeid
Miljøforvaltningas arbeidsmål | Miljøforvaltningas resultatindikatorar |
---|---|
1. Syte for at forsking og overvaking gir tilstrekkeleg og god kunnskap om miljøspørsmål. | Etablert og teke i bruk gode prosessar og system for utvikling av og tilgang til ny kunnskap både internt og i samarbeid med andre styresmakter og Noregs forskingsråd. |
2. Arbeide for at miljøomsyn skal integrerast i næringsliv, hushald og offentleg verksemd. | Formidla relevant og ny miljøkunnskap på ein føre målstenleg måte til andre departement. Gjennomført eit godt samarbeid med andre sektorar om kunnskapsinnhenting på miljøområdet. Ha oppdatert kunnskap om mål og utfordringar i andre departement. Vidareutvikle Stortingsmelding om Regjeringas miljøpolitikk og rikets miljøtilstand for å styrkje at miljøpolitikken blir integrert i viktige prosessar og sektorar. Integrert miljøpolitiske mål og synleggjort det økologiske perspektivet i relevante stortingsdokument frå Regjeringa. Medverke til å endre subsidie- og skatte- og avgiftssystemet i meir miljøvennleg retning. Fortløpande formidling av Regjeringas miljøpolitikk via aktuelle kommunikasjonskanalar. Teke i bruk eigne arenaer for kommunikasjon med ulike målgrupper internt og eksternt. Legge til rette for meir open og tilgjengeleg miljøinformasjon. Inkludert standardar for tilgjenge (WAI-standard) i IKT-investeringar. Auke tal nettsider med talefunksjon Auka talet på offentlege anskaffingar som er miljøvennlege. Talet på statlege verksemder som har innført miljøleiingssystem (Grøn stat). Talet på statlege verksemder med betydelege miljøbelastningar som er tredjepartsertifisert. Talet på statlege verksemder som har innført ein eigen miljøpolitikk for innkjøp av prioriterte produktgrupper omfatta av handlingsplanen for miljø- og samfunnsansvar i offentlege anskaffingar. |
Statusbeskriving
Arbeidsmål 1. Syte for at forsking og overvaking gir tilstrekkeleg og god kunnskap om miljøspørsmål.
Miljøverndepartementet har ansvar for å slå fast mål for ein god naturtilstand og foreslå tiltak som er naudsynte for å hindre eller rette opp skadeleg påverknad av naturtilstanden. Kunnskapen om naturtilstanden og forhold som påverkar den blir henta inn gjennom miljøovervaking og rapportering som skjer i samarbeid med relevante sektorar. Miljøforvaltninga har sjølv omfattande program for overvaking av naturen.
Miljøforvaltninga har ansvar for dokumentasjon og kvalitetssikring av norske miljødata. Miljøforvaltninga skal syte for at data som blir nytta i statlege og sentrale internasjonale rapportar er autoriserte og offisielle norske miljødata. Det blir bl.a. lagt opp til ei systematisk rapportering og dokumentasjon av resultata av Regjeringas samla miljøpolitikk på bakgrunn av data frå miljøovervaking, miljøstatistikk og sektorvis miljørapportering. Rapporteringa gir viktig informasjon for å vurdere utviklinga i miljøet og gjennomføringa av politikken innafor kvar sektor, og identifisere behovet for ny politikk. Referansesystemet for miljøinformasjon skal innehalde tilvisingar til alle miljødata og vil gjere det enklare å finne fram til og vurdere data som er samla inn med sikte på gjenbruk. Arbeidet med dataproduksjon, forvaltning og formidling må sjåast i samanheng med IKT-strategien til miljøforvaltninga.
Miljøverndepartementet samarbeider med Noregs forskingsråd for å sikre at kunnskapsproduksjonen blir målretta, og at resultata frå forskinga blir formidla slik at dei òg kan nyttast av andre avgjerdstakarar. Det er lagt stor vekt på å formidle nye forskingsresultat til avgjerdstakarane på ein god måte, og at forvaltninga får forståing for i kor stor grad forskingsresultat ligg til grunn for forvaltningas eige arbeid og dei avgjerder den tek. Nye kunnskapsbehov og resultat av forskingsinnsatsen som er finansierte av Miljøverndepartementet, er omtalte under dei enkelte resultatområda. Gjennom EØS-avtala deltek Noreg i EUs 7. rammeprogram for forsking. Norske forskingsmiljø har markert seg godt, bl.a. i miljødelen av rammeprogrammet.
Arbeidsmål 2. Arbeide for at miljøomsyn skal integrerast i næringsliv, hushald og offentleg verksemd.
Miljøprofilen i statsbudsjettet og status i miljøpolitikken er omtalt i stortingsmeldinga om Regjeringas miljøpolitikk og rikets miljøtilstand (RM). Meldinga blir lagt fram annakvart år, siste gongen våren 2007.
Alle aktørar har ansvar for at verkemiddel og tiltak på eige område ikkje medfører unødige miljøproblem. Styresmaktene har ansvar for at miljøomsyn blir integrerte i sektorpolitikken gjennom føremålstenlege verkemiddel og tiltak. Alt miljøarbeid skal drivast i tråd med dei strategiske og nasjonale miljømåla.
Sektoransvarsprinsippet vil i hovudsak bli vidareutvikla gjennom dei ordinære budsjett- og RM-prosessane.
Miljøverndepartementet og Finansdepartementet samarbeider om å ta omsyn til miljø og berekraftig utvikling i heile arbeidet med statsbudsjettet og om det offentlege utvalet som tar for seg slike langsiktige omsyn i offentlege beslutningsprosesser.
I tildelingsbreva har departementet følgt opp initiativet frå FAD og bede etatane gjennomføre systematiske brukarundersøkingar som òg skal gjerast allment tilgjengelege. Fleire av etatane rapporterer om gjennomførte eller planlagde undersøkingar mot viktige samarbeidspartnarar og brukarar. Nokre eksempel er periodiske omdømmeundersøkingar, befolkningsundersøkingar når det gjeld kunnskap om farleg avfall, miljømerking og klimakvoter, undersøkingar om tilgjenge- og formidlingsaspektet på websider og nettstader etc. Det tverrdepartementale samarbeidet om planen eNoreg omfattar spørsmål som både er knytte til berekraftig utvikling og IKT, og til verdien av miljøinformasjon og stadfesta (koordinatbestemt) informasjon som elektronisk innhald.
Informasjon og kommunikasjon
Departementet vil styrkje kommunikasjonen om miljøspørsmål med fleire målgrupper, slik at dei ulike sektorane i samfunnet blir motiverte til å ta miljøomsyn. Pressa og frivillige organisasjonar er særleg viktige målgrupper for Miljøverndepartementet, men ein legg òg stor vekt på å spreie kunnskap om miljø og leggje til rette for tilgjenge til miljøinformasjon gjennom ei rekkje ulike tiltak.
Miljøverndepartementet samarbeider tett med Kunnskapsdepartementet og Utdanningsdirektoratet om det internettbaserte læremiddelet «Nettverk for miljølære». Læremiddelet tek for seg natur- og miljøvern og berekraftig utvikling og set det i samanheng med læreplanverket. «Nettverk for miljølære» er ein del av den norske oppfølginga av FNs utdanningstiår for ei berekraftig utvikling. «Den naturlege skulesekken» (DNS) skal bidra til å utvikle nysgjerrigheit og kunnskap om naturen, medvit om berekraftig utviking og auka miljøengasjement hos alle elevar og lærarar i grunnskulen. DNS skal vere fagleg og metodisk forankra i Læreplanverket for grunnskuleopplæringa. Programmet skal vere eit samarbeid mellom undervisnings- og miljøstyresmaktene og ulike institusjonar og faglege frivillige organisasjonar. I 2009 blir det sett i gang eit pilotprosjekt med utgangspunkt i tre fylke og 10 kommunar.
Informasjon om saker i departementet blir spreidd på ulike måtar, slik at så mange som mogleg får vite om dei. Pressmeldingar blir sende ut til organisasjonar og mediebedrifter. Det blir utarbeidd artiklar og kronikkar til aviser og tidsskrift. Journalistar blir òg fora med bakgrunnsstoff og får tilbod om intervju med den politiske leiinga. Det blir arrangert pressereiser ved viktige hendingar. Godt samarbeid med organisasjonane er viktig for departementet, og driftstilskot til dei frivillige organisasjonane er eit nyttig verkemiddel for å styrkje aktivitet og deltaking.
Klimainformasjonskampanjen Klimaløftet koordinerer Regjeringas samla klimainformasjon retta mot folk flest. Det skal setjast i gang ei rekkje felles prosjekter og utviklast omfattande nasjonale informasjonstiltak i tråd med pkt. 1.3 i Klimaforliket om ei opptrapping og styrking av klimainformasjonsarbeidet. Klimaløftet vil i 2009 ha sterkt fokus på oppdatert og vitskapeleg basert informasjon om klimaendringar, og bidra til å oppretthalde eit høgt engasjement blant folk flest ved å gi informasjon om handlingsalternativ til kva enkeltpersonar sjølve kan gjere for å redusera utsleppa av klimagassar.
I tillegg til media er Internett ein viktig kanal for informasjonsformidling frå Miljøverndepartementet og underliggjande etatar. Store mengder miljøinformasjon er gjort tilgjengeleg gjennom nettstadene til miljøforvaltninga. Departementsinngangen www.miljo.no gir full oversikt over informasjonstilbodet frå miljøforvaltninga. Miljøstatus i Noreg (www.miljostatus.no) er inngangen til fakta og annan informasjon knytt til tilstand og utvikling for dei miljøpolitiske resultatområda. Det er etatane sitt ansvar å oppdatere denne informasjonen. Departementets internettsider skal vere ein formidlingskanal i tråd med lov om rett til miljøinformasjon. Eitt døme er høyringssaker der også høyringsfråsegnene blir lagt ut på nettet.
Nyhende, avgjerder og tolkingsfråsegner innan planlegging etter plan- og bygningslova og kartforvaltning blir formidla gjennom departementets nettsider www.planlegging.no og gjennom publikasjonane Plannytt og Planjuss. Departementet er i gang med ein gjennomgang av den samla informasjonsstrategien knytt til området regional og kommunal planlegging.
Internasjonale standardar for tilgjenge, WAI (Web accessability initiative) er innarbeidde på miljøforvaltningas internettsider. Syntetisk tale er tilgjengeleg på alle departementets nettsider på ODIN. Nettstaden www.universell-utforming.miljo.no som er knytt til Regjeringas handlingsplan for auka tilgjenge, har vore banebrytande på dette feltet i Noreg.
Departementet har eit nært samarbeid med dei underliggjande etatane om informasjon til utvalde målgrupper.
Miljøinformasjonslova
Informasjon er eit heilt sentralt verkemiddel i miljøpolitikken. Lov om rett til miljøinformasjon og deltaking i offentlege avgjerdsprosessar med innverknad på miljøet (miljøinformasjonslova), gir omfattande rettar til miljøinformasjon frå både offentlege organ og private verksemder. Ei eiga uavhengig klagenemnd, Klagenemnda for miljøinformasjon, behandlar klager over avslag på innsyn hos private verksemder. På bakgrunn av ei evaluering av lova vil Regjeringa gjere miljøinformasjonslova og produktkontrollovas regler om rett til informasjon enda betre kjent, gjennom meir målretta informasjon
Berekraftig produksjon og forbruk
Det er eit mål at auka økonomisk vekst ikkje samtidig fører til auka miljøbelastning. Forbruket av varer og tenester har auka jamt i industrilanda i mange år og aukar raskt i mange overgangsøkonomiar og utviklingsland. Følgjene er eit stort press på naturressursane. Ein svært stor del av miljøfølgjene av forbruk i Noreg gjeld råvarer og produkt som er framstilte i andre land. Tiltak for meir miljøvennleg råvareuttak, produksjon og betre produktdesign må derfor treffast både i u-land og i i-land. Dette kan dels påverkast ved at importørar, profesjonelle kjøparar og forbrukarar stiller krav, dels gjennom arbeidet med miljøavtaler og i internasjonale organisasjonar. På FN-toppmøtet i Johannesburg vart det sett i gang eit 10-års rammeverk med program for berekraftig produksjon og forbruk (Marrakech-prosessen).
Noreg spelar ei aktiv rolle i FN-samanheng og samarbeider nært med EU i Marrakech-prosessen. Vidare følgjer EUs arbeid med ein handlingsplan for berekraftig forbruk og produksjon og berekraftig industripolitikk. Vi følgjer òg opp nordisk samarbeid på dette feltet. Måla våre er bl.a. å fremje miljøeffektiv produksjon og minske miljøskadane ved økonomisk vekst, å nytte miljømerking, grønare leveransekjeder og miljøbevisste innkjøp til å fremje tiltak til beste for miljø og sosiale forhold i utviklingsland. Det er lagt vekt på forbrukarane sin rett til kunnskap om varer og tenester for å kunne fatte forbruksval som står i forhold til interessene og overtydinga deira.
Miljøteknologi – miljø som vekstnæring
Utvikling av miljøteknologi vil vere svært viktig for å få til ei fråkopling mellom økonomisk vekst og miljøbelastning. Utvikling av miljøteknologi vil gi gevinstar for miljøet, og kan føre til økonomisk vekst og sysselsetjing i Noreg. Miljøteknologi blir fremja blant anna gjennom dei generelle miljøpolitiske verkemidla, og gjennom forsking og næringspolitikken.
I St.meld.nr. 26 (2006-2007) Regjeringens miljøpolitikk og rikets miljøtilstand er det skissert tiltak som kan medverke til å utvikle Noreg som eit føregongs land for miljøteknologi. Det går blant anna fram av meldinga at arbeidet med å fremje miljøteknologi vil bli omtalt i den kommande stortingsmeldinga om innovasjon som skal leggjast fram i 2008. Regjeringa styrker arbeidet med å fremje innovasjon av miljøteknologi. Dette er eit interdepartementalt samarbeid. Miljøverndepartementets budsjett er styrka med 3 mill. kroner. Miljøteknologi er òg eit prioritert område innafor investeringsfondets ramme på 2 mrd. kroner. Regjeringa viser òg til omtalen av arbeidet for å utvikle teknologi som kan redusere utsleppa av klimagassar frå gasskraftverk, bl.a. samarbeidet mellom staten og Statoil om å etablere verdas største fullskala CO2-renseanlegg ved kraftvarmeanlegget på Mongstad.
Regjeringa vil i 2009 føre vidare samarbeidet i tilknyting til EUs handlingsplan for miljøteknologi og samarbeider òg nært med andre nordiske land gjennom Nordisk ministerråd.
Miljøansvar i anskaffingar og drift av offentlege verksemder
Innkjøp i offentleg sektor var på 300 mrd. kroner i 2006, og utgjer eit betydeleg potensial for reduserte miljøbelastningar.
Sommaren 2007 la Regjeringa fram ein handlingsplan for miljø- og samfunnsansvar i offentlege anskaffingar med konkrete tiltak for å fremje etterspørsel etter miljøvennlege varer og tenester som er tilverka med høge etiske og sosiale standardar. Planen gjeld for 2007 – 2010. Hovudpunkta i handlingsplan for miljø- og samfunnsansvar i offentlege anskaffingar er nærare omtalt i St.meld. nr. 26 (2006-2007) Regjeringens miljøpolitikk og rikets miljøtilstand og i St.meld. nr. 34 (2006-2007) Norsk klimapolitikk. Det er eit mål at miljøbelastninga knytt til offentlege anskaffingar skal minimerast. I arbeidet med miljøomsyn i offentlege innkjøp har Regjeringa eit særlig fokus på tiltak knytte til klima- og energi, helse og miljøfarlege kjemikaliar og biologisk mangfald. Avfallsførebygging og effektiv ressursutnytting er ein del av dette. Handlingsplanen har ein eigen miljøpolitikk for statlege innkjøp med konkrete mål og krav til innkjøp av særlege viktige produktgrupper. Måla og krava i miljøpolitikken for statlege innkjøp gjeld frå 1. januar 2008. Vegleiande kriterium for dei prioriterte produktgruppene til bruk for innkjøparar vil liggje føre i løpet av 2008. Miljøleiing i statlege verksemder (Grønn stat) blir førte vidare gjennom handlingsplanen, og miljøpolitikken for statlege innkjøp er ein obligatorisk del av miljøleiingsystemet.
Underliggande etatar er gjennom tildelingsbrevet pålagt å rapportere si oppfølging av denne handlingsplanen.
Direktoratet for forvaltning og IKT, (DIFI) vil få eit utøvande ansvar på nasjonalt nivå. DIFI byggjer i desse dagar opp ei eiga avdeling for å ivareta dei statlege innkjøpsoppgåvene på ein heilskapleg måte. Når fagmiljøa i direktoratet er etablerte vil DIFI ha ei sentral rolle i den operative oppfølginga av handlingsplanen.
I kvart fylke/region vil det bli etablert ei fagleg støtteteneste (knutepunkt) som skal stå til rådvelde for både statlege og kommunale verksemder. Dei første knutepunkta vil bli etablerte hausten 2008. Dei andre fylka/regionane får oppstart hausten 2009
Miljøverndepartementet sette i 2005 ned eit breitt samansett rådgivande panel for miljøbevisste offentlege innkjøp. Panelet gir Regjeringa fortløpande råd på området, og har vore ein viktig bidragsytar ved utarbeiding av handlingsplan for miljø- og samfunnsansvar i offentlege anskaffingar. Noreg deltek òg aktivt i det internasjonale samarbeidet for å fremje miljøbevisste offentlege anskaffingar, bl.a. i NMR, EU og FNs arbeidsgruppe for berekraftige offentlege innkjøp under Marrakech-prosessen for berekraftig produksjon og forbruk.
Berekraftig forbruk
Regjeringa vil leggje til rette for ein tettare samanheng mellom forbrukar- og miljøspørsmål og gjere det enklare å vere miljøvennleg i kvardagen. Regjeringa ser på dei frivillige, offisielle miljømerkeordningane som viktige for å gi forbrukarane høve til å velje dei mest miljøvennlege produkta i eit vogge til grav-perspektiv.
Regjeringa vil på dette området:
Arbeide for at fleire produktgrupper som medfører stor miljøbelastning blir merkte slik at forbrukarane får høve til å gjere miljøriktige val.
Medverke til å få utarbeidd indikatorar og pedagogiske hjelpemidel som kan få fram den komplekse samanhengen mellom forbruk og miljø i globalt perspektiv.
For å belyse og følgje med utviklinga av miljø- og ressursbelastninga knytt til forbruk i Noreg skal det utviklast statistikk, analysar og indikatorar for dei forbrukargruppene som i globalt perspektiv er mest miljøbelastande.
Støtte til kompetanseformidling og informasjon om miljøvennleg produksjon og forbruk blir bl.a. gitt over kap. 1400 post 73, programkategori 12.10.
Verkemiddel
Resultatområdet er planlagt finansiert med totalt 801,2 mill. kroner over Miljøverndepartementets budsjett for 2009. Resultatområdet omfattar innsatsen av områdeovergripande verkemiddel og fellesoppgåver på tvers av alle resultatområda 1-6, og blir finansiert av alle delar av miljøforvaltninga, jr. kap. 1400, 1410, 1425, 1426, 1427, 1429, 1432, 1441, 1465 og 1471.
I tillegg blir lønn og drift av fylkesmannens miljøavdelingar finansierte over kap. 1510, Fylkesmannsembeta, jf. St prp nr. 1 (2007-2008) for Fornyings- og administrasjonsdepartementet.
Tilskot til dei frivillige miljøorganisasjonane er òg eit viktig verkemiddel for å styrkje medverknad og engasjement omkring ulike miljøspørsmål, jf. kap. 1400, post 70. Tilskot til andre organisasjonar eller prosjekt og tiltak som stimulerer til ei berekraftig utvikling er òg sentralt, jf. kap. 1400, post 73. For år 2009 er det totalt avsett 143,4 mill. kroner til miljøovervaking over Miljøverndepartementets budsjett, jf. kap. 1410, post 21.
Miljøverndepartementet utviklar og forvaltar ei rekkje lover, reglar og instruksar som har innverknad på miljøsektoren og plansida, f.eks. plan- og bygningslova, forureiningslova, naturvernlova m.m.
Ein effektiv og målretta organisasjon er eit avgjerande verkemiddel for gjennomføring av Miljøverndepartementets mål.