St.prp. nr. 1 (2008-2009)

FOR BUDSJETTÅRET 2009 — Utgiftskapittel: 1400–1472 og 2465 Inntektskapittel: 4400–4472, 5322, 5578 og 5621

Til innhaldsliste

Del 4
Organisasjonsendring og oppfølging av oppmodingsvedtak frå Stortinget

14 Organisasjonsendring, fornyingsarbeid og likestilling

14.1 Organisering

Miljøverndepartementet er overordna styresmakt for Statens kartverk, Statens forureiningstilsyn, Direktoratet for naturforvaltning, Riksantikvaren, Norsk Polarinstitutt, Norsk kulturminnefond og Svalbards miljøvernfond. Det statlege miljøarbeidet blir regionalt ivareteke av miljøvernavdelingane hos Fylkesmannen og sysselmannen på Svalbard. Etatar som Statens strålevern, Sjøfartsdirektoratet og Innovasjon Noreg har oppgåver innafor miljøområdet som Miljøverndepartementet styrer.

Det har ikkje vore store endringar i organiseringa av miljøforvaltninga, men Statens kartverk har no overtatt all tinglysing frå domstolane.

Statens forureiningstilsyn og Produktregisteret vart slått saman 1. januar 2008.

Årsverksoversikt

Ei samla årsverksoversikt pr. 1. mars 2008, fordelt på Miljøverndepartementet og underliggjande etatar, finst i tabell 5.1 under kap. 5 Oversiktstabellar.

14.2 Oversikt over fornyingsarbeidet

Enklare regelverk

Miljøverndepartementet er i ferd med å utarbeide generelle forureiningskrav til industrien som skal erstatte fleire hundre enkeltløyve. Det vil bli stilt spesifikke bransje- og prosesskrav, og arbeidet er svært omfattande. SFT sende forslag til forskriftsregulering av seks industribransjar med standardiserte krav på høyring i desember 2007 med høyringsfrist 1. april 2008. Det arbeides med sikte på … fastsetting av forskriftsreguleringa iløpet av 2008. Ny plandel av plan- og bygningslova vart vedteken av Stortinget 5. juni 2008, med sikte på iverksetjing frå 1. juli 2009. Departementet vil våren 2009 gjennomføre eit rettleiingsprogram om det nye regelverket. Nettversjonen av rettleiinga vil bli fornya. Forskrift om konsekvensutgreiingar knytt til planlegging etter plan- og bygningslova vart revidert i 2005. Departementet har i samarbeid med Olje- og energidepartementet vedteke retningslinjer for planlegging og lokalisering av vindkraftanlegg. Retningslinjene inneheld samordning mellom regelverket etter plan- og bygningslova og energilova i vindkraftsaker.

Byggsøk Plan

Det er sett i gang ei driftsløysing for Byggsøk Plan i Statens Bygningstekniske etat, som legg til rette for elektronisk innsending av private planforslag til kommunane. Løysinga er under utprøving i kommunane, og blir no vidareutvikla. Samtidig blir det arbeidd vidare med å utvikle gode løysingar for å gi tilgang på digitale plandata og anna nødvendig temainformasjon.

Miljøansvar i nyskaffingar og drift av offentlege verksemder

Hovudpunkta i Regjeringas handlingsplan for miljø- og samfunnsansvar i offentlege nyskaffingar er nærare omtalt i St.meld. nr. 26 (2006-2007) Regjeringens miljøpolitikk og rikets miljøtilstand og i St.meld. nr. 34 (2006-2007) Norsk klimapolitikk. Det er eit mål at miljøbelastninga knytt til offentlege nyskaffingar skal minimerast. I arbeidet med miljøomsyn i offentlege innkjøp skal tiltak knytte til klima og energi, helse og miljøfarlege kjemikaliar og biologisk mangfald prioriterast. Handlingsplanen skal medverke til ein effektiv offentleg sektor og eit konkurransedyktig næringsliv. For å tydeleggjere ambisjonsnivået i statlege innkjøp, innfører Regjeringa ein eigen miljøpolitikk for statlege innkjøp med konkrete krav til statlege verksemder innan prioriterte produktgrupper. Vegleiande kriterium for dei prioriterte produktgruppene vil liggje føre innan utgangen av 2008. Miljøpolitikken er gjort gjeldande frå 1. januar 2008 og skal integrerast i styringssystema til den enkelte verksemda. Regjeringa ser på bruk av miljøleiingssystem som eit viktig grep for å fremje miljøomsyn ved offentlege innkjøp, og tiltak knytte til innkjøp som ein viktig del av ein heilskapleg miljøpolitikk for verksemda. Miljøleiing i statlege verksemder er vidareført gjennom handlingsplanen. Miljøpolitikken for statlege verksemder er ein obligatorisk del av miljøleiingsystemet. På nasjonalt nivå vil direktoratet for forvaltning og IKT (DIFI) få ei sentral rolle i den operative oppfølginga av handlingsplanen. I kvart fylke/region vil det bli etablert ei fagleg støtteteneste (knutepunkt) som skal stå til rådvelde for offentlege verksemder. Sjå nærare omtale under resultatområde 7 underområde 3 Verkemiddel og prosessar.

Forenkling av rovviltforvaltninga

Frå 2005 er rovviltforvaltninga forenkla og effektivisert gjennom oppfølginga av St.meld. nr. 15 (2003-2004) Rovvilt i norsk natur, jf. Innst. S. nr. 74 (2003-2004). All regional mynde er frå 1. april 2005 samla i åtte nye rovviltnemnder, mens tidlegare fylkesvise rovviltutval, jervenemnder og gaupenemnder er lagt ned. Det er vidare utarbeidd ei samordna forskrift om forvaltning av rovvilt. Dette forvaltningsområdet var tidlegare regulert i fleire ulike forskrifter.

Forenkling og effektivisering i forvaltninga av vilt- og innlandsfiskeressursar som kan haustast

Målet er at forvaltninga av desse ressursane i størst mogleg grad skal utøvast lokalt, slik at rettshavarane får eit større ansvar for forvaltninga av vilt- og fiskeressursar innafor rammer som sikrar nasjonale målsetjingar. Forskriftene på dette området skal vere få, enkle og korte og skal fokusere på overordna mål som berekraftig hausting, fordelingspolitikk, kultur- og næringsutvikling. Vilt- og innlandsfiskestyremaktene legg dette til grunn i den fortløpande revisjonen av forskriftene innafor dette feltet.

14.3 Rapport om likestilling i miljøforvaltninga

Miljøforvaltninga er gjennom likestillingslova pålagt ei målretta og planmessig rolle for likestilling.

Likestilling internt i Miljøverndepartementet

Fordeling kvinner og menn

Kjønnsfordelinga i Miljøverndepartementet er 55 pst. kvinner og 45 pst. menn. Kjønnsfordelinga i avdelingane er stort sett jamn, men innan enkelte fagområde er det overrepresentasjon av eitt av kjønna.

Det er jamn kjønnsfordeling blant leiarstillingane i departementet. På toppleiarnivå (departementsråd og ekspedisjonssjefar) er det tre (43 pst.) kvinner og fire (57 pst.) menn. På mellomleiarnivå (avdelingsdirektør og underdirektør) er det 50 pst. kvinner. I gruppa høgtlønte rådgivarar (spesialrådgivar og seniorrådgivar) er det 49 pst. kvinner og 51 pst. menn. På saksbehandlarnivå (rådgivar, førstekonsulent og arkivleiar) er det 56 pst. kvinner og 44 pst. menn. For kontorstillingar er fordelinga 87 pst. kvinner og 13 pst. menn.

Rekruttering og omorganisering er viktige verkemiddel for å få jamn fordeling av kjønn på ulike fagområde og nivå i organisasjonen.

Rekruttering

Ein gjennomgang av alle eksternt kunngjorde stillingar i 2007 viste at av den totale søkjarmassen var 53 pst. kvinner og 47 pst. menn. Av kandidatane som vart kalla inn til intervju var 57 pst. kvinner og 43 pst. menn. Av desse vart 21 kvinner og 19 menn tilsette. Departementet tilsette 2 kvinner og 2 menn i eksternt utlyste leiarstillingar i 2007.

Lønn

Leiarar på ekspedisjonssjef- og avdelingsdirektørnivå har jamn fordeling av lønn mellom kvinner og menn. Det same gjelder for høglønte rådgivarar og saksbehandlarnivået. Det er heller ikkje lønnsforskjellar mellom kvinner og menn på kontornivået.

Totalt i departementet har menn ei gjennomsnittleg årslønn som er noko høgare enn kvinnene. Differansen i lønn mellom kvinner og menn skuldast hovudsakleg at det er fleire kvinner enn menn i lågare lønte stillingar som på kontornivå, og at det er fleire menn i høgtlønte seniorrådgivarstillingar. I løpet av 2007 ble det ført individuelle forhandlingar for 17 kvinner og 7 menn etter hovudtariffavtala pkt. 2.3.4. For 5 kvinner og 3 menn medførte forhandlingane omgjering til høgare stillingskode. Ved dei lokale lønnsforhandlingane etter hovudtariffavtala pkt. 2.3.3 hausten 2007 fekk kvinner 56,5 pst. av forhandlingspotten.

Arbeidstid

80 pst. av dei som arbeider deltid er kvinner. Mange av desse har mellombels redusert fulltidsstillinga si. Overtidsbruken fordeler seg jamt mellom kvinner og menn.

Tiltak som er sette i verk

Eit hovudmål i lønns- og personalpolitikken er å medverke til likestilling mellom kjønna. Under dei lokale lønnsforhandlingane er det prioritert å skape jamn lønnsfordeling mellom kvinner og menn. Rekruttering er eit viktig verkemiddel for jamnare fordeling av kjønn på ulike nivå i organisasjonen, saman med tilbod om kompetanse og karriereutvikling. I utlysingstekst som gjeld leiarstillingar blir kvinner oppmoda til å søkje dersom kvinner er i mindretal. I tillegg har vi oppmoda kvinner og menn til å søkje stillingar innafor fagområde der kjønnet deira er underrepresentert.

Planlagde tiltak

Vi vil vidareføre og utvikle dei tiltaka som er sette i verk og som er nemnde ovanfor.

Kjønnsfordeling i statlege råd og utval

Naturforvaltningsområdet

Kartlegging har vist at kvinner deltek i mindre grad enn menn i statlege råd og utval på naturforvaltningsområdet. Det er kommunar og organisasjonar som foreslår medlemmene til dei fleste råd og utval på naturforvaltningsområdet. Tidlegare har det i liten grad vore lagt føringar for koordinering mellom kommunar og organisasjonar for å sikre oppfølging av likestillingslova når dei har foreslått representantar til dei ulike utvala til Direktoratet for naturforvaltning og fylkesmannen. Det er no lagt inn krav i tildelingsbrevet til Direktoratet for naturforvaltning om å sikre at likestillingslova blir følgt ved oppnemning til og reoppnemning av statlege råd og utval som direktoratet eller fylkesmannen har ansvar for. For å få velfungerande råd og utval med høg grad av legitimitet lokalt og regionalt er det viktig at forslag til medlemmer framleis kjem frå brukarar og interessentar for det arbeidet rådet/utvalet skal gjennomføre, men kommunar og organisasjonar vil no bli bedne om alltid å foreslå ei kvinne og ein mann.

Forureiningsområdet

I 2008 har OECD gjennomført ei internasjonal undersøking om hushaldsåtferd i høve til miljøtiltak. Det er bl.a. vurdert om sosiodemografiske ulikskapar kan forklare ulikskapar i åtferdsmønster relatert til bl.a. energibruk, avfall, transport og økologisk mat. Ulikskapar mellom kjønn er eit parameter som skal vurderast. Noreg er eitt av 10 OECD-land som er med i denne studien. Resultata frå undersøkinga vil bli presenterte på ein OECD-konferanse våren 2009.

Likestilling i Miljøverndepartementets underliggjande etatar

Miljøverndepartementets underliggjande etatar har likestillingskrav i sine tildelingsbrev med tilhøyrande rapportering, bl.a. på sine måltal for kvinner i leiande stillingar.

Likestillingstiltak i Miljøverndepartementets underliggjande etatar

Departementet har pålagt etatane å gjennomføre ei kartlegging av kjønnsrelevans og status for likestilling innafor eigne verksemdsområde. Dette som eit ledd i arbeidet med å etablere systematisk oppfølging av aktivitetsplikta etter likestillingslovas § 1 A. Kartlegginga har teke føre seg vurdering av kjønnsrelevans, oppsummering av status og oversikt over planlagde tiltak. Departementet har òg følgt opp dette arbeidet på eit seminar med etatane. Kartlegginga blir følgt opp med fokus på funna med oversikt over gjennomførte og planlagde tiltak.

Direktoratet for naturforvaltning

I følgje TNS Gallups Natur- og miljøbarometer (siste tal frå 2004) betyr kjønn lite for nordmenns interesse for natur, miljø og friluftsliv. Dette avspeglar seg i arbeidet for å bevare norsk natur for kommande generasjonar og leggje til rette for natur- og friluftslivsopplevingar. Både menn og kvinner har i store trekk dei same høva til friluftsliv, og likestillingsperspektivet er godt ivareteke i dette arbeidet. Dette gir seg mellom anna utslag i at det er god fordeling mellom kvinner og menn som arbeider med desse spørsmåla i offentleg forvaltning.

Å delta i jakt og fiske har tradisjonelt vore eit område med stor dominans av menn. Menn dominerer framleis, men delen av kvinner som deltek i slike aktivitetar aukar. I løpet av dei ti siste åra har talet på kvinnelege medlemmer i Norges jeger- og fiskerforbund auka frå tre til nærare ti pst., og det er etablert eigne kvinnenettverk der jakt og fiske er tema.

Dei fleste budsjettpostane som Direktoratet for naturforvaltning disponerer innafor sitt virkeområde er ikkje kjønnsrelevante. Nokre av postane kan likevel nyttast til å fremje likestilling mellom kjønna. Nedanfor følgjer ein kort gjennomgang av desse.

Kap. 1425 post 70 Tilskot til fiskeformål og post 71 Tilskot til viltformål

Grunnlaget for desse to postane er inntekter frå fiskaravgifta og jegeravgifta. Tilskot blir tildelt lag og organisasjonar, og kan givast til tiltak som fremjar auka deltaking av kvinner i jakt og fiske. Midlar frå dei to postane er bl.a. nytta til kurs og opplegg mynta spesielt på kvinner og ikkje minst familiar. Det er innført ei eiga fiskaravgift for familiar som er grunngitt med at fiske er ein fin familieaktivitet.

Kap. 1427 post 30 Statlege tileigningar, bandlegging av friluftsområde, post 74 Tilskot til friluftstiltak og 78 Friluftsrådas landsforbund og interkommunale friluftsråd

Desse postane har indirekte familiefokus ved at midlane dei siste åra har vore retta mot å leggje ut friluftsområde og støtte friluftstiltak i by- og tettstadsnære område, det vil ofte seie i nærleiken av bustader, skular og barnehagar. Ei viktig brukargruppe av desse områda vil vere kvinner og barn. Mange friluftsråd driv aktiv rekruttering av nye befolkningsgrupper gjennom å arrangere turar, kurs o.l.

Riksantikvaren

Av totalt tal tilsette hos Riksantikvaren i 2007 var 56 pst. kvinner og 44 pst. menn. Riksantikvaren legg vekt på mangfald og likestilling i forvaltninga si. Dette gjeld f.eks. at alle aldrar skal vere representerte blant dei tilsette og at Riksantikvaren gjer bruk av kompetansen til seniormedarbeidarane. Riksantikvaren har 14 tilsette med bakgrunn frå 10 nasjonalitetar. Riksantikvaren har i løpet av dei to siste åra gitt arbeidstrening til minst seks personar frå NAV-systemet. Dette gjeld personar med spesielle behov for tilrettelegging når det gjeld arbeids- og/eller sosial trening.

Riksantikvaren fokuserer på representativitet når det gjeld å velje ut kva for kulturminne som blir verna. Intensjonen i målsetjinga er å ivareta både kvinner, menn og minoritetar sine liv og historie. Dei fleste kulturminna er kjønnsnøytrale og likestillingsaspektet er derfor knytt til kjønnsfunksjonar og roller i heimen og i samfunnet. På nokre område kan det arbeidet som Riksantikvaren gjer, bidra til at det blir sett større fokus på mangfaldet i befolkninga. Som eksempel kan ein nemne verdiskapingsprogrammet på kulturminneområdet og Kulturminneåret 2009. I verdiskapingsprogrammet arbeider Riksantikvaren for at aktørar av begge kjønn er involverte i gjennomføringa av tiltak og deltek i nettverket til programmet. Kulturminneåret har som hovudtema «Dagliglivets kulturminne». Temaet femner vidt, både sosialt og i tid. Det omfattar alle delar av befolkninga, også dei nasjonale minoritetane og innvandrarar.

Arbeidet med dei sektorvise landsverneplanane medverkar vesentleg til å redusere tapet av verdifulle kulturminne og til å bevare breidda av dei. Dette inneber òg at omsynet til likestilling blir betre ivareteke, for eksempel gjennom bevaring av anlegg med tilknyting til kvinners innsats og profesjonalisering innafor helse- og omsorgssektoren.

Freda bygningar og anlegg har hatt ulike funksjonar og speglar dermed bl.a. kjønnsrollene i familie og samfunn gjennom tidene. Våningshus, stabbur, seteranlegg og tekstilfabrikkar medverkar til å synleggjere typiske rammer for kvinners arbeid. Dette gjeld i stor grad òg bustader generelt.

Norsk polarinstitutt

Norsk Polarinstitutt har fokus på å få ei mest mogleg lik samansetjing av tilsette kvinner og menn på alle område. Det er ei særleg målsetjing å auke kvinnedelen ved rekruttering av personell til utestasjonane. Som tiltak for å rekruttere begge kjønn er det alltid oppgitt både mannleg og kvinneleg kontaktperson i kunngjeringstekstar. Kvinner/ menn blir oppfordra til å søkje dersom det finst mindre enn 40 pst. av det eine kjønnet i aktuell type stilling. Representantar frå begge kjønn deltek i heile utveljingsprosessen og det blir lagt vekt på at det under tilsetjingsintervjuet blir stilt relevante spørsmål vedrørande likestilling.

14.4 Oppfølging av IA-avtala

I styringsdialogen med etatane har Miljøverndepartementet lagt opp til tett oppfølging av IA-måla. I samsvar med IA-avtala er det lagt vekt på behovet for konkrete mål som kan etterprøvast, førebyggjande tiltak og systematisk HMS-arbeid. IA-måla blir i stor grad utforma av den enkelte etat og tilpassa lokale forhold.

Resultatutvikling og tiltak

Statistikk frå Statistisk sentralbyrå viser at verksemdene i miljøforvaltninga hadde eit samla legemeldt fråvær i 2007 på 3,9 pst. Det legemelde sjukefråværet gjekk dermed opp i forhold til 2006 (3,3 pst.) Eigemeldt sjukefråvær er ikkje inkludert i tala.

Verksemdene i miljøforvaltninga har satt i gang fleire tiltak for å førebyggje sjukefråvær, spesielt er vektlagt tiltak for å fremje fysisk aktivitet blant medarbeidarane. Andre førebyggjande tiltak omfattar blant anna fysioterapi og tilpassing av arbeidsplassar. I forhold til IA-mål 2 og 3, rekruttering av personar med redusert funksjonsevne og auke i pensjoneringsalder, er det sett individuelle mål og sett i verk eigne tiltak, for eksempel traineeordning, tilbod om praksisplassar og karriereutvikling for seniormedarbeidarar.

I tilknyting til målet om reduksjon i sjukefråværet har departementet i tildelingsbreva for 2008 bede etatane om ein halvårleg statusrapport om utviklinga i sjukefråværet, resultatoppnåing i forhold til etatens mål for redusert sjukefråvær og effekten av førebyggingstiltak som er sette i verk. Når det gjeld rekruttering av personar med redusert funksjonsevne er etatane pr. 31. desember 2008 bedne om å opplyse om rekrutteringspolitiske tiltak som er sette i verk for å integrere desse og innrapportere kor mange av etatens nytilsette i 2007 som tilhøyrer målgruppa. Etatane er òg bedne om å opplyse om tiltak som er sette i verk for at seniormedarbeidarar skal stå lengre i arbeid, og innrapportere reell pensjoneringsalder i 2007. Rapporteringa gir eit heilskapeleg bilete av resultatutvikling på IA-området og er eit godt grunnlag for den vidare styringsdialogen.

15 Om oppfølging av oppmodingsvedtak frå Stortinget

Vedtak nr. 415, 3. april 2008

«Stortinget ber Regjeringen legge fram forslag til endring i eksisterende lovverk som sikrer at vann- og avløpsinfrastrukturen forblir heleid av det offentlige. Lovgivningen må gi unntak fra offentlig eie for de vann- og avløpsvirksomheter som i dag er organisert som ikke-kommersielle private andelslag eid av abonnentene, slik at dagens eierorganisering for disse kan videreføres.»

Miljøverndepartementet uttaler i brev 21. august 2008:

«Regjeringen vil be Statens forurensningstilsyn om, i samarbeid med andre berørte myndigheter, å utrede en endring i lovgivningen for å lovfeste offentlig eierskap til vann- og avløpsinfrastrukturen. Regjeringen vil så ta sikte på å følge opp denne utredningen med en odelstingsproposisjon i løpet av 2009.»

Vedtak nr. 416, 3. april 2008

«Stortinget ber Regjeringen vurdere hvordan faggruppens utredning og NOU 2006:6 om en egen sektorlov for vann og avløp skal følges opp politisk»

Miljøverndepartementet uttaler i brev 21. august 2008:

«Regjeringen vil be Statens forurensningstilsyn om å følge opp anbefalingene i en rapport som ble utarbeidet av en faggruppe ledet av SFT i desember 2007. Etter faggruppens vurdering var det ikke dokumentert tilstrekkelig behov for en egen sektorlov for vann og avløp slik som det ble anbefalt i NOU 2006:6. Fagruppen anbefalte imidlertid at det bør arbeides videre med enkelte problemstillinger innenfor vann- og avløpsområdet, og da særlig på enkelte prioriterte områder. Disse omfatter problematikk knyttet til flom og overvann, brannvann og et eventuelt behov for nye eller forbedrede veiledere på området.»

Til forsida