Del 1
Innleiande del
1 Eit godt velferdssamfunn gir tryggleik for innbyggjarar og næringsliv
Ein sterk offentleg sektor er ein føresetnad for det velferdssamfunnet vi har bygd opp i Noreg, og Regjeringa vil utvikle dette vidare. Regjeringa vil satse på fellesskapsløysingane og redusere forskjellane i samfunnet. Ein sterk offentleg sektor medverkar til å gi innbyggjarane den grunnleggjande tryggleiken som alle treng for å leve eit godt liv. Den nordiske velferdsmodellen med ein sterk offentleg sektor og mange fellesskapsløysingar har òg vist seg å gi næringslivet gode vilkår for vekst og utvikling.
Offentleg sektor må kontinuerleg forbetrast. I arbeidet med å utvikle offentleg sektor er det viktig å lytte til brukarane. Det er deira ønskje og behov som må stå i fremste rekke når offentleg sektor skal fornyast og forbetrast.
Regjeringa la hausten 2007 fram sin strategi for fornying av offentleg sektor. Fornyinga skjer gjennom store reformer (NAV-reforma, Forvaltningsreforma og Pensjonsreforma) og digital fornying. Offentleg sektor må vise veg, opptre på rett måte og vere eit førebilete. Offentleg sektor må gå føre på område som:
ansvarleg forbrukar og etterspørje miljøvennlege varer og tenester
ansvarleg samfunnsaktør med høg etisk standard i alle verksemder
tilpasse tenestetilbodet gjennom brukardeltaking og medverknad
Digital fornying
Samfunnet er i kontinuerleg forandring. Folk sine behov, krav og forventningar endrar seg heile tida. På same måte som velferdssamfunnet aldri vert ferdig utforma, kan heller ikkje forvaltninga sitt arbeid med utvikling og fornying stoppe opp. Digital fornying ved aktiv bruk av informasjons- og kommunikasjonsteknologi (IKT) er eit heilt vesentleg hjelpemiddel for å tilby betre tenester og effektivisere sektoren.
IKT er ein viktig del av kvardagen for dei fleste, og eit svært viktig verktøy i Regjeringa sitt arbeid for å gjere offentleg sektor betre for brukarane, opnare og meir effektiv. Regjeringa har medverka til at det i løpet av 2008 er mogleg for 99,8 pst. av innbyggjarane å kople seg til breiband. Prosentdelen av befolkninga som i løpet av ein «gjennomsnittsdag» bruker Internett har auka frå 26 pst. i år 2000 til nærmare 70 pst. i dag.
IKT er med på å endre korleis folk flest ter seg i forhold til offentleg sektor, og er med på å endre korleis offentleg sektor sjølv fungerer og arbeider. Regjeringas politikk for digital fornying av offentleg sektor handlar om å leggje til rette for å ta i bruk dei moglegheitene IKT gir, samtidig som vi sikrar at dette skjer på ein måte som varetek behova til alle brukarane av offentleg sektor. Under er ei oversikt over nokre av dei IKT-tiltaka Regjeringa presenterer i årets statsbudsjett:
Altinn (Nærings- og handelsdepartementet)
Elektronisk rapportering gjennom Altinn har ført til ein kraftig reduksjon i byrdene næringslivet har ved rapportering av skjemadata. I tillegg har dei mottakande etatane spart arbeid, mellom anna fordi det er mindre feil ved elektronisk innrapportering. Regjeringa set no i gang ei omfattande vidareutvikling av Altinn, kostnadsrekna til om lag 1 mrd. kroner (2008–2013). Utviklinga av samhandlingstenester er den største nyutviklinga som vil skje i Altinn II.
Elektronisk ID (Fornyings- og administrasjonsdepartementet)
Regjeringa foreslår å løyve 80 mill. kroner i 2009 til utvikling av felles elektronisk ID (eID). Trygg elektronisk ID er ein avgjerande føresetnad for at offentleg sektor i stor skala og på ein sikker måte skal kunne leggje om tenesteytinga frå papirbaserte til elektroniske kanalar og utvikle meir avanserte tenester. Innbyggjarane skal kunne logge seg på offentlege tenester med same elektroniske identifikasjon uavhengig av kvar tenestene kjem frå.
eResept (Helse- og omsorgsdepartementet)
eResept skal medverke til å sikre at pasienten får rett legemiddel. Det skal bli tryggare og enklare å skrive ut, ekspedere og bruke reseptbelagde varer, til beste for pasienten. Og det vil spare ressursar i alle ledd.
Innføring av elektroniske reseptar vil på ein grunnleggjande måte gradvis endre den måten folk ber seg åt når det gjeld administrasjon av legemiddel og medisinsk utstyr. Dette gjeld både brukarar av det elektroniske reseptsystemet, brukarar av legemiddel/medisinsk utstyr og brukarar av systemet for handtering av utgifter til legemiddel/medisinsk utstyr. Regjeringa foreslår å bruke 55 mill. kroner på utvikling av eResept i 2009.
Elektronisk faktura (Fornyings- og administrasjonsdepartementet)
Staten ville kunne spare mykje tid og pengar dersom fakturaer vart sende elektronisk og ikkje på papir. Elektronisk fakturahandtering er ei vesentleg administrativ forenkling som vil frigjere ressursar til kvalitetsheving i statleg innkjøpsarbeid og økonomioppfølging. Regjeringa vurderer no oppfølginga av ein arbeidsgrupperapport, som hausten 2008 foreslo at det burde stillast krav til alle leverandørar til staten om at fakturaene skal sendast elektronisk.
Elektronisk tinglysing (Justis- og politidepartementet)
Arbeid for å gjere all tinglysing elektronisk er alt i gang, og det vart igangsatt eit pilotprosjekt i juni 2007. Ordninga har så langt fungert godt, og det tas sikte på å utvide ordninga. Prosjektet vil gi effektivisering og betre brukerretting. Det er berekna at nettogevinsten med elektronisk tinglysing er mellom 380 og 500 mill. kroner.
Opne standardar (Fornyings- og administrasjonsdepartementet)
IKT-system i offentleg sektor har tradisjonelt vore utforma for å løyse konkrete oppgåver på eit avgrens fagfelt, som for eksempel støttesystem for ein bestemt type sakshandsaming. Mange av systema har nok vore gode til sine formål, men det har vore ei utfordring å få dei ulike systema til å «snakke saman». Det har mangla standardar, og mange av systema har bygd på proprietære løysingar som bl.a. har gjort det vanskeleg å utveksle data. Fyrste versjon av Referansekatalog for IT-standardar i offentleg sektor vart publisert i desember 2007. Den omfattar anbefalingar og obligatoriske krav om bruk av dei opne standardane HTML, PDF og ODF i samband med publisering av dokumenter på offentlege internettsider. Det er under vurdering å utarbeide forskrift om bruk av dei obligatoriske forvaltningsstandardane. Det blir teke sikte på å leggje fram ein ny versjon av Referansekatalog for IT-standardar i offentleg sektor i 2009.
Elektroniske frikort (Helse-og omsorgsdepartementet).
Om lag 900 000 frikort vert utferda kvart år. Helsedirektoratet og NAV planlegg å teste ut ei løysing i 2009 med elektroniske frikort. Løysinga vil spare mykje tid og bryderi for brukarane og det offentlege.
Fri programvare (Fornyings- og administrasjonsdepartementet)
Regjeringa var i 2007 med på etablere Nasjonalt kompetansesenter for fri programvare, og vil òg i 2009 støtte senteret med driftsmidlar (jf. kap. 1562).
Gjennom denne støtta medverkar Regjeringa til å spreie meir kunnskap om fri programvare, og stiller ressursar til rådvelde for offentlege verksemder som ønskjer å ta fri programvare i bruk.
IKT frigjer store ressursar som kan overførast frå administrasjon til tenesteproduksjon. Samtidig kan offentleg sektor medverke til betre bruk av ressursar hos innbyggjarar og næringsliv, ved at tenester er meir effektive og brukartilpassa.
I fornyingsarbeidet legg Regjeringa vekt på desse prinsippa:
brukarretting
openheit
effektivisering
kvalitet
medverknad
Kvart einskilt departement har ansvar for å gjennomføre Regjeringa sin fornyingspolitikk innanfor sine sektorområde, mens Fornyings- og administrasjonsdepartementet i tillegg til eigne politikkområde varetek det overordna koordineringsarbeidet på vegne av Regjeringa.
Fornying av offentleg sektor – oppfølging av fornyingsstrategien
Regjeringa arbeider for ein vedvarande sterk og effektiv offentleg sektor, som gir innbyggjarane gode tenester, valfridom og medråderett. Dette held fram i 2009 innanfor dei rammene som vart presenterte i Regjeringas strategi for fornying av offentleg sektor hausten 2007. Målet med strategien var å vise veg i det vidare fornyingsarbeidet og medverke til utvikling av nye fornyingstiltak på utvalde område. Dei konkrete fornyingstiltaka som ein planlegg å setje i gang eller vidareføre i 2009 vert omtalte i budsjettforslaga til kvart einskilt fagdepartement. Her gir vi berre døme på det meir overordna arbeidet med oppfølging av dei einskilde delstrategiane i fornyingsstrategien som skal resultere i ny politikk.
Offentleg sektor skal gå føre
Offentleg sektor gjer det mogleg for fellesskapet å verkeleggjere visjonar, idear og solidaritet på måtar som ligg utanfor det den einskilde, bedriftene eller marknaden vanlegvis kan klare. Men dette forpliktar. Offentleg sektor må gå føre. Den må opptre på rett måte og vere eit førebilete. Klarer vi ikkje det i offentleg sektor, kan vi vanskeleg krevje det av andre. I 2008 er det mellom anna vorte avdekt at vi framleis ikkje er i mål når det gjeld offentlege innkjøp. Regjeringa arbeider derfor med å utvikle tiltak for korrekte og effektive offentlege innkjøp. Tiltaka vert presenterte i ei stortingsmelding i 2009.
Meir deltaking og medverknad
Eit levande demokrati med openheit, deltaking og medverknad er ein føresetnad for å møte samfunnsutfordringane. Det er når innbyggjarar og tilsette vert involverte at vi best kan løyse miljøproblema, få fleire i arbeid, medverke til utjamning, sikre nasjonal og lokal råderett over naturressursane og norsk eigarskap i næringslivet. Eksempel: Meir medverknad og deltaking føreset at forvaltninga kommuniserer betre med innbyggjarane. Regjeringa arbeider derfor med å omdefinere den tradisjonelle informasjonspolitikken til ein kommunikasjonspolitikk. Denne vil bli lansert i 2009.
Enkelt og greitt for innbyggjarane
I dei fleste tilfelle skjer kontakten mellom innbyggjarane og offentleg sektor med utgangspunkt i forholdsvis enkle og standardiserte oppgåver, slik som søknader, refusjonar og skatteoppgjer. Nye elektroniske tenester og sjølvbeteningsløysingar inneber at alle partar kan bruke mindre tid og ressursar på slike rutinemessige og ukompliserte førespurnader. Eksempel: Etablering av nye og betre IKT-baserte tenester skjer no i heile forvaltninga, frå store prosjekt som Altinn II og elektronisk ID, til mindre prosjekt i dei einskilde verksemdene.
Betre for dei som treng det mest
Innbyggjarar med trong for samansette tenester treng eit mer heilskapleg tilbod. Då vil det vere viktig med tverrfagleg aktivitet og samarbeid mellom offentlege verksemder. NAV-reforma er eit godt døme på at det er mogleg, men òg at det er krevjande. Eksempel: Eit nytt og viktig tiltak under denne delstrategien vil vere ei ny reform for samhandling i helsesektoren som skal leggjast fram våren 2009. Reforma skal gjere at kommunane og helseføretaka samarbeider betre til beste for pasienten.
Tilretteleggje for verdiskaping
Offentleg sektor er viktig for næringslivet. Ein god offentleg sektor medverkar til stabile og føreseielege rammevilkår, og utgjer eit konkurransefortrinn for næringslivet. Eksempel: Regjeringa vil i 2009 følgje opp arbeidet med å redusere byrdene for næringslivet som følgje av offentlege reguleringar. Eit anna viktig område er betre tilrettelegging for at arbeidsinnvandring kan skje på ein enkel og forsvarleg måte. Ei rekkje tiltak vil medverke til å betre sakshandsamingsprosedyrar og redusere sakshandsamingstider. Mellom anna skal ansvars- og oppgåvefordelinga i utlendingsforvaltninga gjennomgåast for å finne løysingar som kan redusere sakshandsamingstida og gi auka brukarretting for utlendingssaker.
Kvalitet og effektivitet
Dei tenestene offentleg sektor leverer innbyggjarane må vere prega av høg kvalitet og effektivitet. Vi er derfor i stor grad avhengige av tilbakemeldingar frå innbyggjarane på kva som fungerer og kva som ikkje fungerer. Regjeringa har derfor sett i gang arbeidet med ei nasjonal innbyggjarundersøking som skal medverke til at offentleg sektor utviklar seg i tråd med innbyggjarane sine behov. Den første undersøkinga vert gjennomført allereie hausten 2008, og vil vere ein viktig reiskap i utvikling av fornyingstiltak i 2009.
Regjeringa gjennomgår finansieringsordningane på viktige samfunnsområde. Regjeringa vil mellom anna innføre eit nytt basisfinansieringssystem for forskingsinstitutta frå 01.01.2009, der målet er å gi institutta betre rom for langsiktig kunnskaps- og kompetanseoppbygging.
I tillegg til oppfølginga av Fornyingsstrategien, som er meir orientert mot brukarane av offentlege tenester, vil Regjeringa òg leggje fram ei stortingsmelding om forvaltningspolitikk i 2009. Den vil beskrive korleis Regjeringa ønskjer at forvaltninga sjølv skal utviklast for å møte dagens og morgondagens utfordringar, jf. omtale av Regjeringas fornyingsstrategi på: www.fad.dep.no
Eksempel på viktige fornyingstiltak i 2009 innanfor Fornyings- og administrasjonsdepartementets eigne politikkområde er mellom anna:
leggje fram Regjeringas forvaltningspolitikk i form av ei stortingsmelding
utarbeide og implementere ein ny kommunikasjonspolitikk som sikrar meir openheit i forvaltninga
gjennomføre ei nasjonal innbyggjarundersøking som skal medverke til at offentleg sektor utviklar seg i tråd med innbyggjarane sine behov
følgje opp arbeidet med mogleg innføring av obligatorisk elektronisk faktura til Staten
følgje opp Regjeringas strategi for utvikling av ei felles eID-løysing for offentleg sektor
stimulere til meir bruk av fri programvare gjennom vidare satsing på kompetanseutvikling om fri programvare
vidareføre standardiseringsarbeidet gjennom etablering av andre versjon av Referansekatalogen med obligatoriske krav til, og tilrådingar om, bruk av opne IKT-standardar i offentleg sektor. Standardisering skal mellom anna understøtte ei effektiv elektronisk samhandling og motverke at innbyggjarar og offentlege verksemder vert låste til bestemde teknologiar og leverandørar
leggje vekt på tiltak som både verkar med til å fornye offentleg sektor og som kan skape eit betre miljø. Noreg skal gå føre i klimapolitikken og offentleg sektor skal vise veg
utvikle prinsipp og tiltak for korrekte og effektive offentlege innkjøp. Tiltaka vert presenterte i ei stortingsmelding
innføre ny elektronisk postjournal for statsforvaltninga på Internett
innføre ny ordning for forvaltning av fengselseigedomane
tilpasse Statens Pensjonskasses datasystem til pensjonsreforma
vidareføre arbeidet med klart språk i forvaltningas kommunikasjon med innbyggjarane
Regjeringa.no skal styrkjast som den offisielle hovudkanalen på Internett for kommunikasjon mellom befolkninga og Regjeringa. Det er viktig å vidareutvikle dialogen med innbyggjarane ved å ta i bruk dei løysingar dagens teknologi tilbyr
Fornying av statleg bygge- og eigedomsverksemd – innlemming av fengselseigedomane i husleieordninga
Regjeringa foreslår ei omfattande endring og fornying av statens eigedomsforvaltning ved at ansvaret for å forvalte fengselseigedomane vert lagt til Statsbygg frå og med 2009. Samla bruttoareal er 312 883 kvadratmeter, fordelt på 35 fengsel med til saman 478 bygningar. I dag ligg ansvaret for eigedomsforvaltninga hos Justisdepartementet og Kriminalomsorga. Statsbygg si primæroppgåve er å forvalte staten sine eigedomar. Gjennom å leggje ansvaret for forvaltninga av fengselseigedomane til Statsbygg, ønskjer Regjeringa å betre eigedomsforvaltninga innanfor Kriminalomsorga. Det vert lagt opp til å auke innsatsen på vedlikehald. Eit anna føremål med omlegginga er å frigjere Kriminalomsorga for desse oppgåvene, slik at fokuset og ressursane deira i endå større grad vert retta inn mot å auke kapasiteten og kvaliteten i straffegjennomføringa. Reforma skal gi betre og meir effektiv forvaltning av fengselseigedomane, noko som vil resultere i betre forhold for både tilsette og innsette. Reforma skal òg gi betre oversikt over dei ulike kostnadene knytte til forvaltning og drift av eigedomane. Dette vil gi betre grunnlag for å gjere riktige prioriteringar ved nyinvesteringar i fengsla.
1.1 Ei open og tilgjengeleg forvaltning
Eit velfungerande demokratisk samfunn er avhengig av ein sterk offentleg sektor som kan styre samfunnsutviklinga i samsvar med innbyggjarane sine ønske og behov. Ein demokratisk stat sikrar innbyggjarane grunnleggjande velferdstenester og rettar, samtidig med at dei vert verna mot skade, diskriminering og eksklusjon frå samfunnslivet. Eit sterkt fellesskap skaper eit betre liv for kvar einskild innbyggjar.
Som Regjeringas utøvande apparat har statsforvaltninga ei nøkkelrolle i å vareta grunnverdiane til demokratiet og velferdssamfunnet. Samtidig står vi overfor store utfordringar som krev felles innsats. I første rekkje gjeld det miljø- og klimautviklinga og demografiske endringar. Ei sterk og effektiv statsforvaltning er ein sentral føresetnad for å møte dagens og framtidas utfordringar.
Det er 16 år sidan det sist vart lagt fram ei stortingsmelding om forvaltningspolitikken. Sidan då har endringstakten i statsforvaltninga vore høg, og ei rekkje omfattande omstillingar og reformer har blitt gjennomførte. Staten har langt på veg endra karakter, med større konsentrasjon om kjerneoppgåver knytte til sentrale velferdsområde og fellesgode. Samstundes har endringane i statsforvaltninga ført til dårlegare vilkår for politisk samordning. Ein fragmentert stat fører til koordineringsproblem, dobbeltarbeid og mindre effektiv oppgåveløysing. Staten må opptre meir samla og koordinert for å lykkast innanfor viktige område: for å løyse klimautfordringane, utvikle gode digitale løysingar og stette innbyggjarane sine behov på ein god måte. Regjeringas politikk markerer på mange område eit brot med den overordna forvaltningspolitiske tenkinga som prega førre stortingsperiode, med stor tru på marknaden si evne til å løyse offentlege oppgåver. Regjeringa legg til grunn at marknadsbaserte løysingar på nye område ikkje vil vere noko sentralt verkemiddel i effektiviseringa og fornyinga av offentleg sektor. Regjeringa går i mot konkurranseutsetjing og privatisering innan viktige velferdsområde som utdanning, helse og omsorg.
Regjeringa ønskjer ein forvaltningspolitikk som medverkar til å fremje demokrati og deltaking gjennom betre politisk styring og involvering av innbyggjarane, som tek vare på rettstryggleiken til kvar enkelt, som fremjar samordning og heilskapstenking og som kontinuerleg medverkar til å setje fokus på effektivitet og omstillingsevne i oppgåveløysinga. Regjeringa ser dei tradisjonelle forvaltningsverdiane knytte til demokrati og rettstryggleik i samanheng med trongen for fornying. Fornying i forvaltninga skal medverke til auka brukarretting, resultatoppnåing og god omstillingsevne. Samtidig må forvaltninga sin plass i den parlamentariske styringskjeda understrekast, rettsstatsprinsippa understøttast og forvaltninga må ta vare på si faglege rolle.
Forvaltninga har ei unik oppgåve i det demokratiske systemet, rår over store ressursar og medverkar til å sikre grunnleggjande verdiar og ytingar for innbyggjarane. Det er heilt vesentleg at forvaltninga vert driven og organisert på ein effektiv og forsvarleg og god måte. Regjeringa ønskjer ein sterk og effektiv offentleg sektor som gir innbyggjarane gode tenester, valfridom og medråderett. Staten skal òg framstå som ein attraktiv arbeidsplass i ein situasjon der konkurransen om kompetanse vert stadig sterkare. Løns- og arbeidsvilkåra for arbeidstakarane skal ikkje svekkjast.
Gjennom opprettinga av det nye Direktoratet for forvaltning og IKT har Regjeringa signalisert eit klart ønske om å styrkje arbeidet med forvaltningsutvikling. Regjeringa ønskjer å medverke til meir samordning og læring på tvers, samtidig som det sektorpolitiske ansvaret vert understreka.
I 2009 vil ein leggje fram dei første resultata frå den nasjonale innbyggjarundersøkinga. Regjeringa har sett i gang eit systematisk arbeid der brukarane av ulike velferdsoppgåver skal delta i undersøkingar der deira synspunkt og haldningar til ulike tenestetilbod skal målast. Desse undersøkingane vil kunne gi viktige signal om kva utviklings- og forbetringsbehov som finst for offentlege tenester.
Den nye politikken skal vedtakast i 2009 og gjelde for heile statsforvaltninga. For Regjeringa er det viktig at kommunikasjonspolitikken medverkar til å fremje openheit og gjere forvaltninga lettare tilgjengeleg. På Regjeringas innbyggjarkonferanse i mars 2007 kom det klart fram at innbyggjarane forventar at det offentlege vert betre, klarare og tydelegare i sin kommunikasjon og kontakt med innbyggjarane. Eit enklare språk er viktig i denne samanhengen. Det er òg eit mål å leggje til rette for at kommunikasjonen går begge vegar og at det offentlege er i dialog med brukarane sine.
I 2009 vil offentleg elektronisk postjournal bli tilgjengeleg for alle gjennom Internett. Dette vil verke med til større openheit i forvaltninga. Heretter vil alle kunne søkje seg fram til og be om innsyn i postjournalane i forvaltninga, noko som til no berre har vore mogleg for ein del journalistar.
Offentlege bygningar har gjennom alle tider medverka til å skape aktivitet rundt om i landet. Opninga av den nye operaen i Bjørvika våren 2008 viser dette på ein god måte. Offentlege signalbygg medverkar til utvikling og opprustning. Regjeringa ser det som viktig at det i samband med planlegging og bygging av offentlege bygg vert teke sterke miljøomsyn og er oppteken av at Statsbygg som ein stor og viktig utbyggjar skal gå føre og stille sterke miljøkrav overfor utbyggjarar. Dermed kan staten medverke til ei positiv og naudsynt miljøutvikling for ein heil bransje.
Gjennom handsaminga av St.meld. nr. 12 (2006–2007) «Regionale fortrinn – regional framtid» har Stortinget gitt si tilslutning til sentrale premissar for fylkesmannen si rolle i forvaltninga.
Forvaltningsreforma inneber endringar i oppgåveporteføljen til fylkesmannen. Samtidig er det slått fast at kjernen i fylkesmannen si rolle framleis skal liggje fast, slik at forvaltningsreforma dermed representerer både endringar og kontinuitet i forhold til embeta si rolle. Men fylkesmannen si rolle vert òg aktualisert av andre utviklingstrekk i samfunnet. Store og samansette utfordringar som til dømes klima, sårbarheit og beredskap, realisering av velferdsstaten sine forpliktingar o.a., vert i dag møtte av ein oppdelt offentleg sektor og eit til dels fragmentert avgjerds- og forvaltningssystem.
På denne bakgrunnen vil Fornyings- og administrasjonsdepartementet setje i gang eit utviklingsarbeid for å beskrive og drøfte innhaldet i dei ulike roller fylkesmannen skal ivareta. Ei slik drøfting må skje innanfor dei rammer som følgjer av forvaltningsreforma, og skal først og fremst ha eit grunnleggjande og prinsipielt utgangspunkt.
I arbeidet med Pensjonsreforma har det til no vore lagt fram forslag om ny folketrygd. Det har òg vore ført forhandlingar om ny AFP-ordning i privat og offentleg sektor. I 2008–2009 vil arbeidet med ny offentleg tenestepensjon vere eit hovudtema. Hausten 2008 vart det sett ned eit partssamansett utval for å utarbeide forslag til ny tenestepensjonsordning i stat, kommunar og helseføretak og sluttføre arbeidet med AFP-ordninga som skal gi grunnlag for å føre forhandlingar om ny offentleg tenestepensjonsordning i mellomoppgjeret våren 2009. Arbeidet vert leidd av Arbeids- og inkluderingsdepartementet, i eit nært samarbeid med Fornyings- og administrasjonsdepartementet.
Pensjonsreforma krev at det må gjerast omfattande endringar i Statens Pensjonskasse sine arbeidsprosessar og pensjonssystem. På same måte som NAV gjennomfører sitt pensjonsprogram, har Statens Pensjonskasse starta opp sitt pensjonsprosjekt (PERFORM). Prosjektet starta opp i fyrste halvdel av 2008. Hovudfokus for PERFORM vil vere å støtte nytt regelverk som følgje av Pensjonsreforma, i tillegg til å sikre den daglege drifta. Arbeidet med å følgje opp Statens Pensjonskasses implementering av pensjonsreforma vil vere eit vesentleg satsingsområde for departementet dei nærmaste åra.
Statens Pensjonskasse vil òg få ein markert auke i arbeidsmengda framover grunna i at talet på pensjonar venteleg vil skyte fart, og auke frå om lag 230 000 i dag til om lag 310 000 i løpet av dei neste 10 åra.
1.2 Ei forvaltning med kompetente leiarar og medarbeidarar
I møtet med ei open og serviceorientert statsforvaltning skal innbyggjarane vere sikre på å treffe motiverte og kompetente leiarar og medarbeidarar. For staten som arbeidsgivar er det viktig at statlege verksemder er konkurransedyktige på arbeidsmarknaden. Derfor vil Regjeringa føre ein arbeidsgivarpolitikk som sikrar dei tilsette gode lønns- og arbeidsvilkår.
Regjeringa ønskjer å vidareutvikle den kompetansen som medarbeidarane har og vere godt rusta til å rekruttere den kompetansen det trengst meir av. For å nå desse måla trengst det òg ein politikk for leiing. God leiing er svært viktig både for medarbeidarane i det offentlege og brukarane av offentlege tenester. Sommaren 2008 la Regjeringa fram ei plattform for leiing i staten. Den set opp basis, rammer og prinsipp og vert lagd til grunn for leiarskap i staten. Plattforma slår bl.a. fast at leiingspolitikken i staten skal tuftast på staten sitt særpreg, verdigrunnlag og overordna mål. Plattforma skal vere ein viktig reiskap for alle som har eit leiaransvar i statleg verksemd, men òg medarbeidarar, tillitsvalde og andre som er opptekne av leiing i det offentlege vil kunne ha nytte av plattforma. I stortingsmeldinga om forvaltningspolitikk vil Regjeringa komme nærmare inn på den statlege arbeidsgivarpolitikken.
Saman med dei tilsette skal offentleg sektor utviklast, fornyast og forbetrast både for brukarar og dei som jobbar der. Medverknad frå dei tilsette og respekt for reglane som gir grunnlaget for dei tilsettes medråderett er viktig for å lykkast i dette arbeidet. I alle omstillingsprosessar, men òg i det daglege arbeidet, er det heilt avgjerande at det er tett og god dialog med dei tilsette og deira organisasjonar for å få til eit godt resultat.
Eit godt arbeidsmiljø er ein føresetnad for effektiv og brukarretta drift. Det vart i 2008 lagt fram resultat frå ei medarbeidarundersøking der nær 3000 statleg tilsette hadde svart på spørsmål om kor tilfredse dei var med å arbeide i staten. Undersøkinga viste at dei er godt nøgde, samtidig påviste undersøkinga òg at det på enkelte område kan skje forbetringar.
Ein god arbeidsgivarpolitikk skal medverke til at verksemdene skal kunne nå sine mål i samsvar med tildelingsbrev og politiske føringar. Eit godt arbeidsmiljø er ein viktig føresetnad for å nå desse måla. Staten treng arbeidskraft! Vi treng å aktivisere den arbeidskrafta som i dag ikkje vert brukt, eller brukt på feil stad. Det må leggjast til rette for mangfald i arbeidslivet, ikkje minst i staten. Derfor har Regjeringa sett i gang forsøk med kvotering av innvandrarar i ulike statlege verksemder. Det vert òg gjennomført ulike trainee-program for å rekruttere personar med nedsett funksjonsevne til jobb i staten. Målet er eit samfunn prega av mangfald, openheit, toleranse og inkludering. Med målsetjing om å utnytte dei tilgjengelege arbeidskraftsressursane på ein tenleg og effektiv måte, har Regjeringa ein offensiv seniorpolitikk. Det skal leggjast rette for at seniorar kan stå lenger i jobb. Gjennom avtalar med partane i arbeidslivet har dei kollektive ordningane for seniorar i staten blitt ytterlegare forbetra. Det går no føre seg eit forsøk med redusert arbeidstid for seniorar i utvalde statlege verksemder. Forsøket vert avslutta i 2009 og skal evaluerast.
1.3 Ei framtidsretta offentleg forvaltning som utnyttar teknologien
Regjeringa vil halde fram med å utvikle avanserte kommunikasjonskanalar mellom forvaltninga og innbyggjarar og mellom forvaltninga og næringslivet. Bruk av nettet står sentralt her, og dette krev ei løysing for elektronisk identitet (eID) som er sikker for brukarane.
Regjeringa har teke eit strategisk grep for å byggje ein viktig samfunnsinfrastruktur – ein felles infrastruktur for elektronisk identifikasjon på Internett. Målet er at innbyggjarar skal kunne logge seg på offentlege tenester med same elektroniske identifikasjon (eID) uavhengig av om tenester dei loggar seg på kjem frå skatteetaten, NAV eller kommunen. Den forenklinga som slik infrastruktur fører til for brukarar av elektroniske tenester og for offentlege etatar, vil skape grunnlag for større utbreiing av elektronisk forvaltning. Dette er eit av Regjeringas viktigaste tiltak for fornying av offentleg sektor. Elektronisk forvaltning inneber fleire og meir avanserte elektroniske tenester, der brukaren kan få løyst saka si utan å måtte kontakte forvaltninga mange gonger. Med denne satsinga tek Regjeringa òg eit samfunnsansvar når det gjeld tryggleik i vern av personopplysningar, ved at innbyggjarar vil få tilbod om gode felles eID-løysingar, og såleis kan få tilgang til tenester som krev høgt tryggleiksnivå.
Fornying av offentleg sektor krev ein delingskultur. Gjennom deling og gjenbruk av kunnskap og løysingar vil ein ved å hauste av erfaringane gjort andre stader nytte offentlege verksemder sine ressursar betre. Bruk av fri programvare kan medverke til deling og gjenbruk av IKT-løysingar på tvers av offentleg sektor. For at fri programvare i større grad skal takast i bruk i offentleg sektor, gjev Regjeringa støtte til Kompetansesenteret for fri programvare. Senteret skal spreie meir kunnskap om fri programvare, og stille ressursar til rådvelde for offentlege verksemder som ønskjer å ta fri programvare i bruk.
Systematisk bruk av opne IKT-standardar er viktig for å oppnå god elektronisk samhandling, både mellom offentlege verksemder og mellom offentleg sektor og samfunnet elles. I desember 2007 gav Regjeringa tilslutning til første versjon av Referansekatalogen, som stiller opp tilrådingar og obligatoriske krav om bruk av visse standardar i forvaltninga. Det er sett i gang eit arbeid med å utvikle neste versjon av Referansekatalogen som vil ta for seg ei større breidd av standardar og bruksområde. Denne skal etter planen publiserast i 2009.
IKT kan òg medverke til å møte klimautfordringane. Det trengst ei samla tilnærming til korleis Noreg kan gå i spissen for utvikling av grøne teknologiløysingar. Offentleg sektor kan som ein stor IKT-brukar spele ei viktig og banebrytande rolle i dette arbeidet.
Det nye Direktoratet for Forvalting og IKT skal medverke til god utnytting av IKT i utviklinga av forvaltninga og effektiv elektronisk samhandling med innbyggjarar, næringsliv og internt i forvaltninga.
Fornyings- og administrasjonsdepartementet har som mål å medverke til at det vert utvikla gode metodar for måling og analyse av gevinstrealisering av IKT- investeringar i offentleg sektor. For offentleg sektor, som driv si verksemd etter målformuleringar og løyvde budsjett, krevst det andre måle- og analysemetodar enn i privat sektor. Både nasjonalt og internasjonalt vert det arbeidd med å utvikle metodar for måling og analysar av gevinstrealisering av IKT- investeringar i det offentlege.
Den teknologiske utviklinga som pregar heile samfunnet utgjer ei vedvarande utfordring for personvernet til innbyggjarane. Ikkje fordi teknologien i seg sjølv truar personvernet, men fordi effektive, brukarvennlege løysingar kan stå i konflikt med det å stette brukarane sine ønske om og trong for å få teke vare på personleg integritet. Det vert stadig oftare registrert fleire opplysningar om oss. Kvar registrering for seg utgjer kanskje ikkje nokon stor trussel, men samla vert registreringa massiv og dei færraste har oversikt over eller kan overskode konsekvensane av registreringane.
Det er viktig for Regjeringa at det vert teke omsyn til personvern ved utvikling av nye tekniske løysingar og utforming av nytt regelverk. For å gjere sitt til å realisere dette målet, arbeider Regjeringa med ein rettleiar i vurdering av personvernkonsekvensar. Eit anna viktig tiltak for å sørgje for at det vert teke meir omsyn til personvernet, vert Regjeringas oppfølging av Personvernkommisjonens rapport som vert levert i desember 2008. Kommisjonen som vart oppnemnd i mai 2007, har som mandat å gi ei heilskapleg oversikt over dei utfordringar personvernet står overfor i møtet med blant anna ny teknologi. Dette viktige arbeidet vil gi Regjeringa eit godt grunnlag for prioriteringar i personvernarbeidet.
1.4 Eit informasjonssamfunn for alle
Innanfor IKT-politikken arbeider Regjeringa etter føringane som vart presenterte i St.meld. nr. 17 (2006–2007) «Eit informasjonssamfunn for alle». Regjeringas mål er eit digitalt samfunn der alle er med. Noreg er langt framme når det gjeld utbreiing og bruk av IKT både i offentleg sektor og i samfunnet som heilskap.
Noreg står framleis overfor store utfordringar på IKT-området, mellom anna med omsyn til digital kompetanse og inkludering, men òg når det gjeld felles infrastruktur. Det trengst sterk samordning og samarbeid mellom ulike aktørar for å møte utfordringane som må løysast for at innbyggjarar, bedrifter og offentlege etatar kan realisere det gevinstpotensialet som ligg i avansert bruk av IKT.
Gjennom fleire år har utbygging av breiband stått sentralt i Regjeringa sin politikk. I 2006–2008 er det totalt løyvd nærmare 700 mill. kroner i statlege tilskot til breibandsutbygging i område utan breibandstilbod. Kombinert med lokale tilskot har dette medverka til at 99,8 pst. av innbyggjarane ved utgangen av 2008 vil ha tilbod om breiband. Sjølv om utbygginga av breiband har gjort det mogleg for så å seie alle å vere kopla til nettet, viser undersøkingar at ein av tre husstandar framleis ikkje har breibandsabonnement heime.
Ulempene ved å stå utanfor informasjonssamfunnet vert stadig større etter kvart som stadig fleire offentlege og private tenester vert elektroniske. Liten kjennskap til moglegheitene til å kople seg til breiband er saman med manglande datakompetanse og økonomi truleg hovudårsakene til at mange ikkje tek moglegheitene i bruk. For Regjeringa er det derfor viktig å sikre at alle grupper i samfunnet har den digitale kompetansen som trengst slik at alle kan bli fullverdige medlemer av informasjonssamfunnet. Tiltak for å sikre at innvandrarar og eldre får auka digital kompetanse vil derfor bli vidareførte. Eit inkluderande samfunn der alle er med, føreset òg digital kompetanse og digital inkludering.
1.5 Konkurranse for å sikre effektiv ressursbruk
Konkurransepolitikken skal medverke til effektiv ressursbruk. Det inneber at vi brukar ressursane der dei kastar mest av seg. Velfungerande marknader med konkurranse er eit godt grunnlag for å sikre at dette skjer.
Konkurranse medverkar til eit innovativt, omstillingsdyktig næringsliv som produserer varer og tenester på ein effektiv måte. Dette styrkjer konkurranseevna vår internasjonalt. For forbrukarane verkar konkurranse med til å sikre tilbod av varer og tenester med god kvalitet til riktig pris i samsvar med behova våre.
Velfungerande marknader oppstår ikkje av seg sjølve. Næringslivet kan tene store summar på å samarbeide om prisar, fordele marknader mellom seg eller på annan måte skaffe seg og utnytte si marknadsmakt til skade for samfunnet som heilskap og forbrukarane spesielt. Slik konkurransekriminalitet fører til auka kostnader, høgare priser, dårlegare produkt og mindre produktutvikling. Det er derfor naudsynt å ha ei konkurranselovgiving som forbyr slik skadeleg åtferd og som vert strengt handheva.
Regjeringa har styrkt innsatsen for å motarbeide kartell og motverke konkurransekriminalitet. Større etterforskingskapasitet, betre analysar og oppbygging av nye, avanserte IKT-system står sentralt i Konkurransetilsynets arbeid med å motarbeide denne forma for kriminalitet.
Konkurransetilsynet har foreslått endringar i konkurranselovgivinga for å styrkje lempingsordninga i lova og dermed styrkje handhevinga av konkurranselova. Lempingsordninga inneber at deltakarane i ulovleg konkurranseregulerande samarbeid kan få redusert eller heilt bortfall av reaksjon dersom dei melder frå om og samarbeider med Konkurransetilsynet slik at det ulovlege vert avdekt og tek slutt. Ordninga gir såleis insentiv til å bryte ut av ulovleg samarbeid. Risikoen for at ulovleg samarbeid vert oppdaga aukar. Lempingsordninga har såleis òg ein sterk preventiv effekt. Konkurransetilsynets forslag om å styrkje lempingsordninga vil bli følgt opp.
Det offentlege kjøper kvart år inn varer og tenester for om lag 250 mrd. kroner. Regelverket for offentlege innkjøp skal medverke til auka verdiskaping i samfunnet ved å sikre mest mogleg effektiv ressursbruk ved offentlege innkjøp basert på forretningsmessige vurderingar og likebehandling. Det offentlege skal få god kvalitet og riktig pris på innkjøpa, samtidig som allmenta skal ha tillit til at offentlege innkjøp skjer på ein samfunnstenleg måte. Riksrevisjonen har ved fleire høve påvist brot på reglane for offentlege innkjøp. Regjeringa vil i 2009 leggje fram ei stortingsmelding om offentlege innkjøp. Meldinga skal medverke til at det offentlege etterlever innkjøpsreglane og at arbeidet med innkjøp i det offentlege vert ytterlegare profesjonalisert.
Som ein stor innkjøpar har det offentlege eit særskilt ansvar for å sørgje for at ein i innkjøpa tek ansvar for miljøet og viser samfunnsansvar. Regjeringa har lagt fram ein handlingsplan for miljø- og samfunnsansvar for offentlege innkjøp. Der peiker ein ut konkrete tiltak som skal medverke til at det offentlege etterspør produkt med høg standard knytt til miljø og etikk. Miljøbelastninga knytt til offentlege innkjøp skal reduserast. Dette er følgt vidare opp ved at det er laga miljøkriterium for innkjøp innanfor ulike kategoriar. Dette vil gjere det enklare for offentlege verksemder å vere miljømedvitne ved innkjøp.
IKT-sektoren har stor og stadig aukande innverknad i samfunnet. Det er viktig at konkurransen fungerer i desse marknadene. Eigenskapar ved marknadene for IKT-produkta, som skalafordelar på både tilbods- og etterspurnadssida, er vesentlege utfordringar for å oppnå ein effektiv konkurranse. Saker frå konkurransemyndigheitene i både Noreg og EU viser at aktivt tilsyn og effektiv handheving av konkurransereglane er viktig for å hindre misbruk av marknadsmakt. I tillegg til handheving av konkurransereglane kan andre verkemiddel, slik som offentleg bruk av opne standardar, vere viktige tilskot til å fremje konkurranse. Fornyings- og administrasjonsdepartementet har bedt Konkurransetilsynet om å prioritere tilsynet med konkurransen i IKT-sektoren og gjennomføre ei vurdering av konkurranseforholda. Tilsynet skal vurdere om det bør gjennomførast tiltak etter konkurranselova eller andre konkurransefremjande tiltak.
1.6 Oppmodningsvedtak
I proposisjonens del III er følgjande oppmodingsvedtak omtala:
Vedtak nr. 247, 9. mars 2004:
«Stortinget ber Regjeringen legge til rette for å øke takten i bredbåndsutbyggingen slik at målet om bredbånd til alle husstander, bedrifter og offentlige institusjoner kan nås i løpet av 2007. Regjeringen bes kommentere status for framdrift i budsjettene.»
1.7 Utgifter fordelte på kapittel
(i 1 000 kr) | |||||
---|---|---|---|---|---|
Kap. | Nemning | Rekneskap 2007 | Saldert budsjett 2008 | Forslag 2009 | Pst. endr. 08/09 |
Det kongelege hus | |||||
1 | H.M. Kongen og H.M. Dronninga | 143 968 | 145 930 | 152 212 | 4,3 |
2 | H.K.H. Kronprinsen og H.K.H. Kronprinsessa | 18 529 | 20 287 | 21 289 | 4,9 |
Sum kategori 00.10 | 162 497 | 166 217 | 173 501 | 4,4 | |
Sum programområde 00 | 162 497 | 166 217 | 173 501 | 4,4 | |
Administrasjon mv. | |||||
1500 | Fornyings- og administrasjonsdepartementet | 253 596 | 276 099 | 233 500 | -15,4 |
1503 | Midlar til opplæring og utvikling av tillitsvalde | 114 457 | 115 348 | 113 086 | -2,0 |
1506 | Noreg.no | 40 680 | |||
Sum kategori 01.00 | 408 733 | 391 447 | 346 586 | -11,5 | |
Fylkesmannsembeta | |||||
1510 | Fylkesmannsembeta | 1 355 503 | 1 113 506 | 1 343 379 | 20,6 |
Sum kategori 01.10 | 1 355 503 | 1 113 506 | 1 343 379 | 20,6 | |
Forvaltnings- og IKT-utvikling | |||||
1521 | Direktoratet for forvaltning og IKT | 112 943 | 252 825 | 123,9 | |
1522 | Servicesenteret for departementa | 469 363 | 436 247 | 455 932 | 4,5 |
1523 | Tilskott til kompetanseutvikling | 18 292 | 20 000 | 14 000 | -30,0 |
Sum kategori 01.20 | 487 655 | 569 190 | 722 757 | 27,0 | |
Partistønad | |||||
1530 | Tilskot til dei politiske partia | 303 080 | 323 003 | 337 203 | 4,4 |
Sum kategori 01.30 | 303 080 | 323 003 | 337 203 | 4,4 | |
Pensjonar m.m. | |||||
1541 | Pensjonar av statskassa | 22 349 | 23 800 | 21 700 | -8,8 |
1542 | Tilskot til Statens Pensjonskasse | 7 837 849 | 9 443 000 | 8 357 000 | -11,5 |
1543 | Arbeidsgivaravgift til folketrygda | 823 000 | 852 000 | 921 000 | 8,1 |
1544 | Bustadlåneordninga i Statens Pensjonskasse | 2 989 429 | 1 300 000 | 3 400 000 | 161,5 |
1546 | Yrkesskadeforsikring | 79 743 | 85 000 | 94 000 | 10,6 |
1547 | Gruppelivsforsikring | 84 327 | 84 000 | 126 000 | 50,0 |
2470 | Statens Pensjonskasse | 3 099 | 31 465 | 315 910 | 904,0 |
Sum kategori 01.40 | 11 839 796 | 11 819 265 | 13 235 610 | 12,0 | |
Konkurransepolitikk | |||||
1550 | Konkurransetilsynet | 92 413 | 84 209 | 85 277 | 1,3 |
Sum kategori 01.50 | 92 413 | 84 209 | 85 277 | 1,3 | |
IKT-politikk | |||||
1560 | Spesielle IKT-tiltak | 244 254 | 60 899 | 17 463 | -71,3 |
1561 | Internasjonalt IKT-samarbeid og utviklingsprogram | 14 817 | 22 500 | 20 149 | -10,4 |
1562 | Tilskot til elektronisk samhandling og forenkling av forretningsprosessar | 1 400 | 1 400 | 5 238 | 274,1 |
1563 | IKT-tryggleik | 4 000 | 4 000 | 4 176 | 4,4 |
Sum kategori 01.60 | 264 471 | 88 799 | 47 026 | -47,0 | |
Personvern | |||||
1570 | Datatilsynet | 27 392 | 26 443 | 27 955 | 5,7 |
1571 | Personvernnemnda | 1 600 | 1 650 | 3,1 | |
Sum kategori 01.70 | 27 392 | 28 043 | 29 605 | 5,6 | |
Statsbygg | |||||
1580 | Byggjeprosjekt utanfor husleigeordninga | 1 660 483 | 1 561 616 | 1 065 490 | -31,8 |
1581 | Eigedomar til kongelege føremål | 75 051 | 59 457 | 61 586 | 3,6 |
1582 | Utvikling av Fornebuområdet | 54 158 | 44 500 | 7 000 | -84,3 |
1583 | Utvikling av Pilestredet Park | 3 451 | |||
2445 | Statsbygg | 684 290 | 1 094 404 | 1 218 531 | 11,3 |
Sum kategori 01.80 | 2 477 433 | 2 759 977 | 2 352 607 | -14,8 | |
Sum programområde 01 | 17 256 476 | 17 177 439 | 18 500 050 | 7,7 | |
Sum utgifter | 17 418 973 | 17 343 656 | 18 673 551 | 7,7 |
1.8 Inntekter fordelte på kapittel
(i 1 000 kr) | |||||
---|---|---|---|---|---|
Kap. | Nemning | Rekneskap 2007 | Saldert budsjett 2008 | Forslag 2009 | Pst. endr. 08/09 |
Administrasjon mv. | |||||
4500 | Fornyings- og administrasjonsdepartementet | 3 971 | |||
4506 | Noreg.no | 7 308 | |||
Sum kategori 01.00 | 11 279 | ||||
Fylkesmannsembeta | |||||
4510 | Fylkesmannsembeta | 267 526 | 15 361 | 149 961 | 876,2 |
Sum kategori 01.10 | 267 526 | 15 361 | 149 961 | 876,2 | |
Forvaltnings- og IKT-utvikling | |||||
4521 | Direktoratet for forvaltning og IKT | 5 022 | 7 620 | 51,7 | |
4522 | Servicesenteret for departementa | 182 452 | 135 584 | 90 887 | -33,0 |
Sum kategori 01.20 | 182 452 | 140 606 | 98 507 | -29,9 | |
Pensjonar m.m. | |||||
4546 | Yrkesskadeforsikring | 126 488 | 116 000 | 127 000 | 9,5 |
4547 | Gruppelivsforsikring | 46 497 | 43 000 | 47 000 | 9,3 |
5470 | Statens Pensjonskasse | 40 898 | 17 059 | 17 059 | 0,0 |
5607 | Renter av bustadlåneordninga i Statens Pensjonskasse | 643 701 | 772 000 | 1 223 000 | 58,4 |
Sum kategori 01.40 | 857 584 | 948 059 | 1 414 059 | 49,2 | |
Konkurransepolitikk | |||||
4550 | Konkurransetilsynet | 5 222 | 201 | 210 | 4,5 |
Sum kategori 01.50 | 5 222 | 201 | 210 | 4,5 | |
Statsbygg | |||||
4581 | Eigedomar til kongelege føremål | 142 | 125 | 131 | 4,8 |
5445 | Statsbygg | 1 041 362 | 900 000 | 900 000 | 0,0 |
5446 | Sal av eigedom, Fornebu | 108 847 | 23 600 | ||
Sum kategori 01.80 | 1 150 351 | 900 125 | 923 731 | 2,6 | |
Sum programområde 01 | 2 474 414 | 2 004 352 | 2 586 468 | 29,0 | |
Sum inntekter | 2 474 414 | 2 004 352 | 2 586 468 | 29,0 |
Utgifter fordelte på postgrupper
(i 1 000 kr) | |||||
---|---|---|---|---|---|
Post-gr. | Nemning | Rekneskap 2007 | Saldert budsjett 2008 | Forslag 2009 | Pst. endr. 08/09 |
01-23 | Driftsutgifter | 11 033 822 | 12 474 064 | 11 837 932 | -5,1 |
24-24 | Driftsresultat | -381 248 | -466 318 | -559 988 | 20,1 |
30-49 | Nybygg, anlegg mv | 2 859 175 | 3 275 824 | 3 242 531 | -1,0 |
50-59 | Overføringar til andre statsrekneskapar | 369 920 | 161 795 | 158 214 | -2,2 |
70-79 | Overføringar til private | 547 875 | 598 291 | 594 862 | -0,6 |
90-99 | Utlån, avdrag mv. | 2 989 429 | 1 300 000 | 3 400 000 | 161,5 |
Sum under departementet | 17 418 973 | 17 343 656 | 18 673 551 | 7,7 |
Poster med tittel «kan overførast»
Under Fornyings- og administrasjonsdepartementet blir stikkordet foreslått knytta til desse postane utanom postgruppe 30-49
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Kap. | Post | Nemning | Overført til 2008 | Forslag 2009 |
1500 | 21 | Spesielle driftsutgifter | 39 033 | 70 472 |
1500 | 22 | Forsking | 13 000 | |
1510 | 21 | Spesielle driftsutgifter | 247 | 150 000 |
1521 | 21 | Spesielle driftsutgifter | 1 457 | 42 899 |
1521 | 22 | Miside | 1 457 | 13 572 |
1521 | 23 | Elektronisk ID | 80 000 | |
1523 | 70 | Tilskott | 22 587 | 14 000 |
1560 | 22 | Samordning av IKT-politikken | 15 384 | 17 463 |
1560 | 50 | Breiband | 858 | |
1561 | 70 | Tilskot til internasjonale program | 378 | 20 149 |
1582 | 21 | Spesielle driftsutgifter | 500 | |
1582 | 70 | Erstatningar og oppgjer | 13 730 | |
1583 | 21 | Spesielle driftsutgifter | 500 |