Del 2
Budsjettforslag
Programområde 00 Konstitusjonelle institusjonar
Programkategori 00.10 Det kongelege hus
Utgifter under programkategori 00.10 fordelte på kapittel
(i 1 000 kr) | |||||
---|---|---|---|---|---|
Kap. | Nemning | Rekneskap 2007 | Saldert budsjett 2008 | Forslag 2009 | Pst. endr. 08/09 |
1 | H.M. Kongen og H.M. Dronninga | 143 968 | 145 930 | 152 212 | 4,3 |
2 | H.K.H. Kronprinsen og H.K.H. Kronprinsessa | 18 529 | 20 287 | 21 289 | 4,9 |
Sum kategori 00.10 | 162 497 | 166 217 | 173 501 | 4,4 |
Allmenn omtale
Fornyings- og administrasjonsdepartementet har ansvaret for løyvingane til kongehuset. I tilegg til løyvingane under kap. 1 H.M. Kongen og H.M. Dronninga og kap. 2 H.K.H. Kronprinsen og H.K.H. Kronprinsessa, vert følgjande midlar nytta til kongelege føremål i 2009:
Fornyings- og administrasjonsdepartementet | |
Kap. 1581 Eigedomar til kongelege føremål | 61 586 000 |
Utanriksdepartementet | |
Kap. 104 Kongefamilien sine offisielle reiser til utlandet | 8 248 000 |
Forsvarsdepartementet | |
Div. kapittel (H.M. Kongens adjutantstab) | 5 000 000 |
Kap. 1732 Sjøforsvaret (Kongeskipet og K/B Stjernen) | 21 300 000 |
Justisdepartementet | |
Kap. 441 Oslo politidistrikt (eskorteteneste) | Vert ikkje oppgitt |
Kap. 1 H.M. Kongen og H.M. Dronninga
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2007 | Saldert budsjett 2008 | Forslag 2009 |
01 | Apanasje | 7 900 | 8 256 | 8 751 |
50 | Det kongelege hoff | 112 068 | 122 299 | 127 778 |
51 | Særskilde prosjekt ved Det kongelege hoff | 24 000 | 15 375 | 15 683 |
Sum kap. 1 | 143 968 | 145 930 | 152 212 |
Post 01 Apanasje
Løyvinga vert nytta til personlege utgifter for H.M. Kongen og H.M. Dronninga, medrekna utgifter i samband med diverse offisielle oppgåver, og til drift og vedlikehald av eigne eigedomar.
Post 50 Det kongelege hoff
Løyvinga vert nytta til kongehuset sine utgifter til offisielle oppgåver, drift av organisasjonen, infrastruktur og mindre investeringar til vedlikehald.
Løyvinga skal òg dekkje utgifter til jamleg indre vedlikehald og utvikling av dei kongelege eigedomane Det Kgl. Slott, Bygdø Kongsgard (hovudhuset m/sidebygning og park) og Oscarshall slott.
Post 51 Særskilde prosjekt ved Det kongelege hoff
Forslaget til løyving gjeld interiørprosjektet ved Oscarshall slott som Det kongelege hoff har ansvaret for. Prosjektet har ei totalramme på 45 mill. kroner, og omfattar innvendig rehabilitering av slottsbygget, inkludert sikring og restaurering av kunst, møblar og anna inventar. Prosjektet hadde oppstart i 2007 og tek sikte på å bli avslutta i 2009, slik at lystslottet kan opnast for publikum. Statsbygg har ansvaret for utvendig rehabilitering av slottet og rehabilitering av bygningsmassen elles ved anlegget, sjå omtale under kap. 1581 post 45.
Kap. 2 H.K.H. Kronprinsen og H.K.H. Kronprinsessa
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2007 | Saldert budsjett 2008 | Forslag 2009 |
01 | Apanasje | 5 900 | 6 166 | 6 536 |
50 | H.K.H. Kronprinsen og H.K.H. Kronprinsessa sin stab mv. | 12 629 | 14 121 | 14 753 |
Sum kap. 2 | 18 529 | 20 287 | 21 289 |
Post 01 Apanasje
Løyvinga skal dekkje kronprinsparet sine personlege utgifter til drift og vedlikehald av eigne eigedomar.
Post 50 H.K.H. Kronprinsen og H.K.H. Kronprinsessa sin stab mv.
Løyvinga skal dekkje utgifter til kronprinsparet sin stab på Det Kgl. Slott og betening på Skaugum, og utgifter i samband med kronprinsparet sine offisielle oppgåver.
Programområde 01 Fellesadministrasjon
Programkategori 01.00 Administrasjon m.v.
Utgifter under programkategori 01.00 fordelte på kapittel
(i 1 000 kr) | |||||
---|---|---|---|---|---|
Kap. | Nemning | Rekneskap 2007 | Saldert budsjett 2008 | Forslag 2009 | Pst. endr. 08/09 |
1500 | Fornyings- og administrasjonsdepartementet | 253 596 | 276 099 | 233 500 | -15,4 |
1503 | Midlar til opplæring og utvikling av tillitsvalde | 114 457 | 115 348 | 113 086 | -2,0 |
1506 | Noreg.no | 40 680 | |||
Sum kategori 01.00 | 408 733 | 391 447 | 346 586 | -11,5 |
Kap. 1500 Fornyings- og administrasjonsdepartementet
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2007 | Saldert budsjett 2008 | Forslag 2009 |
01 | Driftsutgifter | 156 940 | 154 232 | 150 028 |
21 | Spesielle driftsutgifter, kan overførast | 96 656 | 111 867 | 70 472 |
22 | Forsking, kan overførast | 10 000 | 13 000 | |
Sum kap. 1500 | 253 596 | 276 099 | 233 500 |
Rapport 2007
OEP (Offentleg elektronisk postjournal)
Offentleg elektronisk postjournal (OEP) vil vere heimla i offentleglovforskrifta, og vil derfor bli lansert etter at den nye offentleglova med forskrift trer i kraft.
Fordi arbeidet med offentleglovforskrifta har vore vesentleg forseinka, har lanseringa av OEP vorte tilsvarande forseinka.
Dokumentasjon om statleg ressursbruk og resultat (StatRes)
I 2006 gjekk departementet gjennom konsekvensanalysar innanfor ulike statlege sektorar. Gjennomgangen viste at det er store manglar når det gjeld kunnskap om samanheng mellom ressursbruk og resultat. Departementet følgjer dette opp mellom anna gjennom arbeidet med StatRes.
Gjennom å utvikle og formidle kunnskap om ressursbruk, produksjon, kvalitet og resultat skal StatRes gi alle betre informasjon om statleg ressursbruk og kva denne skaper. Via Internett skal innbyggjarar, offentleg tilsette, forskarar og andre kunne følgje med i korleis staten sine pengar vert brukte, og dei skal kunne følgje utviklinga i indikatorar knytte til statlege sektorar og verksemder.
Statistisk sentralbyrå utviklar StatRes på oppdrag frå Fornyings- og administrasjonsdepartementet og i nært samarbeid med involverte fagdepartement og etatar. Prosjektet held seg i stor grad til internasjonale standardar, noko som legg til rette for framtidige samanlikningar med andre land i dei tilfelle det gir meining. Det er laga ei brukarvenleg løysing med relevante, etterrettelege og oppdaterte data. Den fyrste publiseringa hausten 2007 dekkjer eit overordna nasjonalt nivå og tre pilotområde: spesialisthelsetenesta, høgare utdanning og statleg barnevern. I løpet av 2008 vert det publisert fem nye område i StatRes: Toll- og avgiftsetaten, Jernbaneverket, Politi- og påtalemakta, Domstolane og Kriminalomsorga.
Innkrevjing
I 2005 oppnemnde Regjeringa eit utval for å utgreie den samla offentlege innkrevjingsfunksjonen. Utvalet leverte si innstilling (Offentlig innkreving 2007:12). Utgreiinga vart send på høyring i februar 2008 med høyringsfrist juni 2008. Departementet handsamar for tida høyringsfråsegnene og vil komme tilbake til vidare oppfølging av saka.
Medarbeidarundersøking
Fornyings- og administrasjonsdepartementet har i 2007 gjennomført ei spørjeundersøking blant medarbeidarane i staten om arbeidslivsforhold, motivasjon og trivsel. Om lag 4 500 medarbeidarar tok del i undersøkinga. Formålet har vore å skaffe fram systematisk kunnskap om kva som skaper motivasjon og trivsel.
Inkluderande arbeidsliv
Fornyings- og administrasjonsdepartementet er statleg arbeidsgivarpart i IA-arbeidet. Staten har i 2007 sett fokus på alle dei tre delmåla i IA-avtalen. Avtalen frå oktober 2001 vart vidareført for perioden 2006 til 2009 med fleire nye verkemiddel for å nå måla.
Delmål 1: Sjukefråværet i staten
Sjukefråværet i staten har vore uendra på årsbasis i 2005–2007. Summen av legemeldt og eigenmeldt fråvær ligg på om lag 5,6 pst.
Delmål 2: Personar med nedsett funksjonsevne
Staten har for sin eigen del lagt vekt på tiltaksplanen om å rekruttere fleire personar med nedsett funksjonsevne til staten. I planen er det sett eit mål om at minst 5 pst. av nytilsetjingane i staten i perioden 2004–2006 skal vere frå målgruppa. Dette målet vert ført vidare inntil trainee-programmet i sentralforvaltninga for personar med høgare utdanning og med nedsett funksjonsevne er gjennomført og evaluert. Det er òg skipa eit panel som følgjer arbeidet med planen. Alle dei tre elementa i tiltaksplanen vart evaluerte hausten 2008.
Delmål 3: Pensjoneringsalderen
Forventa pensjoneringsalder for personar over 50 år aukar i Noreg. Den gjennomsnittlege avgangsalderen auka sterkt frå 2005 til 2006, men fall litt attende i 2007. Det er likevel grunn til å rekne med at målet om å heve forventa pensjoneringsalder med 6 månader frå 2001 vil verte nådd i 2009.
Hovudtariffoppgjeret 2008 har forsterka dei kollektive tiltaka for å få seniorarbeidstakarar til å stå lenger i jobb med fridagar og fleksibilitet med omsyn til korleis uttaket av fritida skal vere.
Inkludering av personar med innvandrarbakgrunn
Fornyings- og administrasjonsdepartementet kartlegg om arbeidsgivarane følgjer pålegget om å kalle inn minst ein kvalifisert søkjar med ikkje-vestleg innvandrarbakgrunn til jobbintervju, om kor mange av desse søkjarane som får jobben, og om verksemdene oppmodar søkjarar med innvandrarbakgrunn om å søkje på ledige stillingar.
Kartlegginga (2006–2007) syner at 94 pst. av dei statlege verksemdene følgjer pålegget. Vidare viste det seg at 32 pst. av personane med ikkje-vestleg innvandrarbakgrunn som vart kalla inn til intervju fekk jobben. Denne prosentdelen var i 2004/2005 på 28 pst. og i 2005/2006 på 22 pst.
Årlege undersøkingar gjennomført av Statistisk Sentralbyrå viser at det er ein auke i prosentdelen tilsette med innvandrarbakgrunn i statsadministrasjonen. I oktober 2007 hadde 3,2 pst. av dei tilsette i statsadministrasjonen ikkje-vestleg innvandrarbakgrunn. I 2007 var det 3,5 pst. kvinner og 3,0 pst. menn med ikkje-vestleg innvandrarbakgrunn i den statlege sentralforvaltninga. På same tid i 2004 hadde 2,3 pst. av dei tilsette slik bakgrunn.
Arbeidstid 2009
Regjeringa har vedteke å medverke til forsøk med 6-timers dag/arbeidstidsreformer. Det er sett av midlar til å gjennomføre prosjektet «Arbeidstid 2009». Prosjektet omfattar både ei brei forsking på arbeidstid og eit forsøk i Skatteetaten, Statens Vegvesen, fylkesmannsembeta og to bispedømme. Totalt 277 tilsette over 62 år har delteke i forsøket og har 80 pst. stilling og 100 pst. løn. Statistisk Sentralbyrå fekk eitt av forskingsoppdraga som omfattar makroøkonomiske analysar av redusert arbeidstid. Denne vart levert til Fornyings - og administrasjonsdepartementet i juni 2008 og viste fire former for arbeidstidsreduksjon. I alle tilfella gir redusert arbeidstid noko mindre produksjon, men veksten i verdiskapinga aukar, om enn noko saktare enn vanleg. Analysen viser at dersom vi jobbar like mykje som i dag i 2050, vil veksten i verdiskapinga vere på 124 pst., mens den vil vere på 118 pst. dersom vi reduserer arbeidstida med 10 pst. frå 2010.
Klimakvotar – endring av statlege løns- og reiseadministrasjonssystem
Regjeringa vedtok i 2007 at staten skal kjøpe klimagasskvotar for å dekkje CO2 -utslepp ved statstilsettes tenestereiser med fly internasjonalt. For å samle inn data for å berekne statstilsette sine tenestereiser med fly internasjonalt som grunnlag for kvotekjøp, har det vore trong for å leggje om statlege løns- og reiseadministrasjonssystem. For dette føremålet vart det gitt ei tilleggsløyving på 3 mill. kroner i samband med handsaming av revidert nasjonalbudsjett 2007. I tillegg har Fornyings- og administrasjonsdepartementet støtta arbeidet med midlar. Naudsynte endringar i systema vart sette i verk i løpet av 1. halvår 2008. I ein del verksemder kom endringane seint i gang slik at dei ikkje har greidd å rapportere om reiseaktiviteten sin for 1. halvår 2008. Rapporten for 2. halvår 2008 vil vere klar i januar 2009, og er venta å vere meir omfattande og basere seg på faktisk reiseaktivitet. Basert på innrapporterte data for om lag 79 pst. av statstilsette har Fornyings- og administrasjonsdepartementet rekna ut reiseaktiviteten for alle tilsette i staten til 86 000 reiser og 161 000 000 km reist distanse i 1. halvår 2008. Finansdepartementet vil bruke denne informasjonen som grunnlag for utrekning av kjøp av klimagasskvotar for 2008, jf. omtale under kap. 1638 Kjøp av klimakvotar.
Nytt Statens Sentrale Tenestemannsregister
I 2007 og 2008 er det brukt til saman vel 5,2 mill. kroner for innkjøp og utvikling av eit nytt tenestemannsregister og ei ny lønsforhandlingsløysing. Det nye registeret skal erstatte dagens register over statstilsette i det statlege tariffområdet. Registeret omfattar ei rekkje data om alle statstilsette. Informasjon frå registeret vert primært nytta i samband med dei sentrale lønsforhandlingane og som grunnlag for arbeidet med statsbudsjettet. I tillegg er tenestemennenes hovudsamanslutningar, andre statlege instansar og forskingsmiljø brukarar av data.
IKT-tryggleik og sårbarheit
Forskingsrådets innsats finansiert av Fornyings- og administrasjonsdepartementet har i 2007 vore innanfor fagområdet IKT-tryggleik og sårbarheit. Det overordna målet med departementet si løyving til forskingsprogrammet har vore å styrkje den norske kompetanse innanfor IKT-tryggleiksforskning.
Forskingsprogrammet «IKT Sikkerhet og Sårbarhet» (www.forskningsradet.no/iktsos) hadde opphavleg ei planlagd lengd på fem år (2003–2007). Basert på utlysingane i 2003 og 2004 vart det bygd opp ein prosjektportefølje for programmet ut programperioden. Fem mindre prosjekt vart sette i gang etter programstyrets ønske om å fokusere på informasjonstiltak og nettverksbygging. I tillegg medverka desse prosjekta til auka internasjonalt samarbeid.
Programmet skulle etter planen vore avslutta i 2007, men grunna sein oppstart vart programmet forseinka i høve til den opphavlege tidsramma. Fornyings- og administrasjonsdepartementet har derfor vedteke å utvide levetida for programmet med eitt år. I 2008 har Fornyings-og administrasjonsdepartementet gitt tilskot til avslutningsaktivitetar og sluttrapportering for programmet. Ein avslutningskonferanse vil bli halden i november 2008.
Prosjektet Statens kulturhistoriske eigedomar
I september 2002 vart det vedtatt å gjennomføre eit prosjekt, Statens kulturhistoriske eigedomar, med formål å skaffe ei samla oversikt over statlege bygningar med kulturhistorisk verdi, jf. omtale i statsbudsjettet for åra 2002 til og med 2008, årlege rapportar frå prosjektet og forprosjektrapport frå mars 2002 (www.statenskulturhistoriskeeiendommer.no).
Med bakgrunn i Fornyings- og administrasjonsdepartementets rolle som eigedomsdepartementet i statleg sivil sektor, har Fornyings- og administrasjonsdepartementet leidd prosjektet. Det har vore ei referansegruppe med deltaking frå Miljøverndepartementet, Kunnskapsdepartementet, Kultur- og kyrkjedepartementet, Forsvarsdepartementet, Riksantikvaren, Statsbygg og Statens senter for arkiv, bibliotek og museum. Prosjektet har eige sekretariat som yter støtte til departement og statlege verksemder som deltek i prosjektet. Sekretariatet har òg bygd opp og ajourført eit eige eigedomsregister til bruk for formålet. Dette registeret inneheld fleire tusen statlege bygningar med bilete og beskrivingar. Registeret er konstruert slik at det kan nyttast direkte i produksjonen av landsverneplanane. Dette effektiviserer arbeidet vesentleg. Etter at Riksantikvaren har handsama landsverneplanane, vert relevante eigedomar overførde til kulturminneregisteret Askeladden, som Riksantikvaren har ansvaret for.
Prosjektet skulle vore avslutta i 2008. Det viser seg likevel at det òg vil verte arbeidd med nokre landsverneplanar i 2009. I og med at landsverneplanane no etter kvart vert sende over til Riksantikvaren til handsaming, og at eigedomsregisteret etter kvart skal samkøyrast og integrerast i kulturminneregisteret Askeladden, er Fornyings- og administrasjonsdepartementet og Miljøverndepartementet samde om at Miljøverndepartementet får ansvaret for å sluttføre prosjektet Statens kulturhistoriske eigedomar i 2009.
Mål og prioriteringar for 2009
OEP (Offentleg elektronisk postjournal)
I 2009 skal ei ny publiseringsteneste på Internett setjast i drift og gi allmenn tilgang til offentleg elektronisk postjournal. Den elektroniske postjournalen skal medverke til å effektivisere gjennomføringa av offentlegprinsippet i forvaltninga og gjere forvaltninga meir demokratisk tilgjengeleg. Ein ny felles nettportal skal gjere det lettare for allmenta å få tilgang til journalane til alle verksemdene som tenesta omfattar, og slik sikre openheit og innsyn i statsforvaltninga.
Alle departementa, Statsministerens kontor og fylkesmennene vil vere med i den nye tenesta frå starten. Det er òg eit mål at denne tenesta med elektroniske postjournalar seinare skal kunne omfatte store delar av offentleg sektor. Direktoratet for forvaltning og IKT vil få administrasjons- og forvaltningsansvaret for tenesta etter lansering.
Dokumentasjon om statleg ressursbruk og resultat (StatRes)
I 2009 skal ytterlegare fleire delar av statsforvaltninga inkluderast i StatRes. Samstundes skal dei eksisterande pilotane få betre indikatorar og tal, og den tekniske løysinga skal òg utviklast vidare.
Brukarretting og deltaking
Det er eit mål for Regjeringa å auke den demokratiske deltakinga blant innbyggjarane, ikkje minst når det gjeld å kunne påverke innhaldet i og utforminga av dei offentlige tenestene. Eit anna viktig mål for Regjeringa er at alle publikumsretta statlege etatar skal gjennomføre brukarundersøkingar og at resultata som hovudregel skal offentleggjerast.
Fornyings- og administrasjonsdepartementet vil arbeide for å auke den demokratiske deltakinga i utviklinga av offentlig sektor. I tillegg vil Fornyings- og administrasjonsdepartementet i samarbeid med fleire departement og etatar setje i verk ei ny, større undersøking av kor nøgde folk er med offentlege tenester. Denne skal gi tenesteytarar og styresmakter betre føresetnader for å vidareutvikle kvaliteten på tenestene. Undersøkinga vil medverke til at viktig kunnskap om tenestekvalitet og brukartilfredsheit vert betre kjend og sikre at offentlege tenester vert utvikla i tråd med dei forventningane innbyggjarane har.
Departementet vil, mellom anna gjennom informasjon og rådgiving, arbeide for at forvaltninga utviklar nye møteplassar, mellom anna elektroniske, for auka demokratisk deltaking i utviklinga av offentlige tenester. Fornyings- og administrasjonsdepartementet kjem i 2009 med ein rettleiar som skal styrkje etatane sitt arbeid med brukarmedverknad og brukarretting av tenestene.
Undersøkinga vert sett i gang hausten 2008 i regi av Direktoratet for forvaltning og IKT og dei første resultata vil bli presenterte våren 2009. I løpet av 2009 vil dei fleste samfunnsområde og offentlege tenester bli dekte.
Kommunikasjonspolitikk
Ny kommunikasjonspolitikk vert klar våren 2009. Den statlege kommunikasjonspolitikken må leggje vekt på openheit og på medverknad. Likeeins må statlege verksemder freiste å nå alle med sin informasjon og kommunikasjon. Statlege verksemder skal vere aktive med å informere og kommunisere, og dei skal samordne seg med andre verksemder. Offentlege styresmakter må i større og større grad sjå på innbyggjarane som likeverdige partar i si kommunikasjonsverksemd. Dette vil seie at styresmaktene må gi større innsyn i verksemda, ta betre omsyn til ei meir samansett befolkning og bruke eit enkelt og forståeleg språk.
Evaluering av statlege utflyttingar
Ei interdepartemental arbeidsgruppe under leiing av Fornyings- og administrasjonsdepartementet har arbeidd fram felles retningslinjer for evaluering av kva slags verknader flytting av statlege verksemder ut frå Oslo har hatt for dei stadene verksemdene er flytta til, for organisasjonen og dei tilsette og for etaten si evne til å løyse oppgåvene sine. Desse retningslinjene er lagde til grunn for ei evaluering av dei tilsyna som vart flytta frå Oslo i førre periode og av Kystverket. Arbeidet er starta i 2008 og sluttrapport skal vere klar våren 2009.
Retningslinjene skal gjere det mogleg å samanlikne erfaringar frå flytting av ulike statlege verksemder. Dette skal gje betre kunnskap om kva slags effektar flytting frå Oslo og lokalisering av statlege arbeidsplassar har. Den evalueringa som no er sett i gang, skal gi innsikt i kva slags verknader slike verkemiddel har for organisasjonen og oppgåveløysinga og for dei stadene verksemdene flytter til. I tillegg vil ei felles evaluering kunne seie noko meir allment om kva for effektar flytting har som verkemiddel.
Klart språk i staten
Eit av innspela på innbyggjarkonferansen som Fornyings- og administrasjonsdepartementet arrangerte våren 2007, var at språket i offentleg sektor bør bli enklare og tydelegare. Byråkratisk og vanskeleg språk skaper mistydingar og avstand mellom det offentlege og innbyggjarane. Regjeringa ønskjer derfor å starte eit omfattande arbeid for at statlege verksemder skal bli betre til å skrive eit klart og lett forståeleg språk. Ingen skal lure på om ein har fått ja eller nei på ein søknad på grunn av uklart språk. Krevjande fagstoff skal skrivast enkelt og greitt i brev og skjema. Med klart språk skal staten gjere sitt til at innbyggjarane får enkel informasjon om sine rettar og plikter, og dessutan gi folk eit betre grunnlag for å delta i samfunnet.
Tiltaka er primært retta mot statlege verksemder og tilsette, og er sette saman slik at dei skal understøtte kvarandre:
språkverktøykasse på nett for statstilsette (verktøy for å skrive enklare)
prosjekt i statlege verksemder med stort samfunnsansvar (standardbrev, skjema osv.)
spreie erfaringane til alle statlege verksemder frå språkforbetringsprosjekt i NAV, Fylkesmennene og Statens Pensjonskasse
kurs i klarspråk for tilsette (Språkrådet arrangør)
«Klart språk»- pris i statsforvaltninga
eige forum for leiarar der klarspråk er tema
Regjeringa ønskjer òg at innbyggjarane tek del i arbeidet. Prosjektet vil starte nettdebattar, mellom anna ei eiga spalte der ein kan melde inn dårlege erfaringar med brev frå staten o.a. Prosjektet vil òg finne meir ut om innbyggjaranes syn på dette temaet ved å spørje eit representativt utval om erfaringar med språket i staten.
Å arbeide med betre språk vil krevje tiltak over tid. Prosjektet går difor vidare i 2010.
Rekruttering
Fornyings- og administrasjonsdepartementet har mellom anna sett ned ei partssamansett arbeidsgruppe på sentralt nivå som skal sjå nærare på korleis statlege verksemder møter utfordringane med å rekruttere og halde på kvalifisert arbeidskraft. Fornyings- og administrasjonsdepartementet vil arbeide vidare med analyse av datamaterialet, og trekkje kunnskapen inn i arbeidet med å forbetre staten som arbeidsplass.
Inkluderande arbeidsliv
Dei statlege verksemdene skal framleis setje mål, følgje opp og styrkje det kontinuerlege arbeidet med å redusere sjukefråværet. Aktiv tilrettelegging av arbeidet, oppfølgingssamtalar og oppfølgingsplanar skal gjennomførast. Informasjon om dei konkrete, gode røynslene og samarbeid i nettverk vil auke sjansen for resultatoppnåing. Ordninga med kjøp av helse- og rehabiliteringstenester («Raskare attende») er ei ny ordning som statlege verksemder no har fått høve til å nytte seg av. Arbeidet med ny tenestepensjonsordning skal styrkje arbeidslinja ved at det skal lønne seg å arbeide lenger.
Staten har òg utfordringar når det gjeld oppfølginga av tiltaksplanen for å rekruttere fleire personar med nedsett funksjonsevne. Departementet vil hente inn synspunkt frå kompetansemiljøa på resultata frå evalueringsrapportane, slik at arbeidet med å utforme nye tiltak får eit godt kunnskapsgrunnlag.
Inkludering av personar med innvandrarbakgrunn
For Regjeringa er det viktig at alle arbeidstakarar, uavhengig av bakgrunn, har dei same sjansane på arbeidsmarknaden. Arbeid har stor innverknad på den einskilde sine levekår og økonomiske situasjon. For å lukkast med integrering, er tiltak med omsyn til arbeid noko av det viktigaste. Staten har som arbeidsgivar eit særleg ansvar for å gå føre og rekruttere fleire personar med innvandrarbakgrunn. Større mangfald er naudsynt for å løyse oppgåvene i eit meir samansett samfunn med større kompleksitet. Det er òg viktig for staten sin legitimitet at forvaltninga så langt som mogleg speglar mangfaldet i befolkninga. Elles viser ein til resultatområde 6, delmål 2.2 i St. prp. nr 1 (2008–2009) for Arbeids- og inkluderingsdepartementet.
I 2008 starta eit toårig forsøk med moderat kvotering for personar med ikkje-vestleg innvandrarbakgrunn i 12 statlege verksemder. Direktoratet for forvaltning og IKT er prosjektleiar og følgjer opp dei verksemdene som tek del i forsøket. Det skal mellom anna leggjast til rette for opplæring i mangfald i leiargruppene, i tillegg til at det skal etablerast eit kunnskapsnettverk. I tilknyting til forsøket gjennomfører Institutt for samfunnsforsking ei evaluering, både undervegs og når forsøket er sluttført.
Forsøksordninga skal òg fange opp arbeidsgivarane sin bruk av § 9 i forskrifta til tenestemannslova, som opnar for at arbeidsgivarane kan velje å sjå bort frå kvalifikasjonsprinsippet - om at den best kvalifiserte søkaren skal tilsetjast - om det er ein søkjar med nedsett funksjonsevne som er kvalifisert for stillinga.
Fornyings- og administrasjonsdepartementet vil følgje opp dette på tre måtar:
gjennomføre ei ny kartlegging av korleis arbeidsgivarane følgjer opp plikta til å kalle inn kvalifiserte innvandrarar til intervju ved tilsetjingar
ved å følgje med på kor stor del av dei tilsette i staten som har innvandrarbakgrunn slik det kjem fram i Statistisk sentralbyrå sin årlege statistikk
ved å følgje med i utviklinga av forsøket med kvotering i statlege verksemder
Budsjett 2009
Post 01 Driftsutgifter
Løyvingsforslaget dekkjer mellom anna departementet sine løns- og driftsutgifter.
Post 21 Spesielle driftsutgifter, kan overførast
Løyvingsforslaget skal mellom anna dekkje utgifter til fornyingsarbeidet i departementet, sikring av regjeringsbygningane og områda rundt og gjennomføring av større analysar.
Post 22 Forsking, kan overførast
Departementet sin forskingsinnsats vil i særleg grad vere innretta mot område som medverkar til ny kunnskap om korleis offentleg sektor kan fornyast utan å svekkje dei verdiane som utgjer grunnlaget for den norske velferdsstatsmodellen. Eit viktig siktemål er at forskinga skal gi eit betre kunnskapsgrunnlag for å treffe gode avgjerder og medverke til å auke kvaliteten og effektiviteten innanfor ramma av ein sterk og god offentleg sektor.
Fornyings- og administrasjonsdepartementets forsking vil i hovudsak vere innretta mot desse politikkområda:
IKT som verkemiddel i fornyingsarbeidet
staten - ein kompetent, inkluderande og attraktiv arbeidsgivar
organisering, samordning og styring
forholdet mellom innbyggjarane og forvaltninga
Departementet sitt forskingsarbeid skal leggje stor vekt på formidling av forskingsresultat slik at desse medverkar til at forvaltninga samla sett utviklar evne til læring og systematisk forbetring innan og mellom sektorar.
Kap. 1503 Midlar til opplæring og utvikling av tillitsvalde
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2007 | Saldert budsjett 2008 | Forslag 2009 |
70 | Tilskot | 90 328 | 91 219 | 86 141 |
71 | Bidrag frå arbeidstakarane | 24 129 | 24 129 | 26 945 |
Sum kap. 1503 | 114 457 | 115 348 | 113 086 |
Allmenn omtale
Staten og organisasjonane har i Hovudtariffavtala 2008 – 2010 avtale om at staten skal løyve tilskot til tenestemannsorganisasjonane sine opplærings- og utviklingstiltak. Avtalen vart oppretta etter mønster av tilsvarande avtale mellom LO og NHO, og vidareført i seinare oppgjer. Ordninga er òg etablerte i andre tariffområde i privat og i kommunesektoren.
Rapport 2007
Midlane er nytta i samsvar med målsetjinga.
Mål og prioriteringar 2009
Etter gjeldande tariffavtale 2008–2010 skal midlane nyttast på same måte som i førre tariffperiode. Stønad til organisasjonane si opplæring av tillitsvalde i staten, mellom anna i organisasjons- og tillitsvaldarbeid, miljø- og vernearbeid, sjukefråvær, medråderett, personalpolitiske spørsmål, omstilling, effektivisering og samfunnsøkonomi m.m.
Budsjett 2009
Etter gjeldande tariffavtale er prosentsatsen for tilskotet fastsett til totalt 0,24 pst. av årleg utbetalt løn etter hovudregulativet (A-tabell). Summen vert rekna ut når løns- og sysselsetjingsstatistikken per 01.10.2008 ligg føre våren 2009. Justering av løyvinga fremjast i eigen proposisjon.
Arbeidstakarane medverkar til finansieringa med 200 kroner per år av bruttoløn etter A-tabellen. Arbeidstakarane sine tilskot kjem fram under post 71, og vert budsjetterte i ein eigen proposisjon. Staten er pliktig til å følgje opp avtalen med tilsvarande opplærings- og informasjonstiltak på arbeidsgivarsida. Desse utgiftene må dekkjast av budsjettet til kvar einskild verksemd.
Kap. 1506 Noreg.no
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2007 | Saldert budsjett 2008 | Forslag 2009Forslag 2009 |
01 | Driftsutgifter | 24 537 | ||
21 | Miside, kan overførast | 16 143 | ||
Sum kap. 1506 | 40 680 |
Allmenn omtale
Frå 01.01.2008 er verksemda Noreg.no ein del av Direktoratet for Forvaltning og IKT, sjå kap. 1521 Direktoratet for forvaltning og IKT. Under kap. 1506 vert det rapportert om verksemda i 2007.
Rapport 2007
Noreg.no har som oppgåve mellom anna å leggje til rette for at brukarane lett kan finne fram til offentlege tenester og offentleg informasjon, og medverke til auka kvalitet og betre samordning av offentlege tenester på Internett. Ei sentral oppgåve er forvaltningsansvaret og ansvaret for vidareutvikling av Miside.
Bruken av informasjonsportalen Noreg.no varierer mykje gjennom året. Noreg.no målar bruken av nettportalane noreg.no, norge.no og norway.no mellom anna gjennom talet på sidevisingar. I 2007 hadde Noreg.no 4,3 millionar besøk i løpet av året, og i gjennomsnitt 51 319 sidevisingar dagleg.
Noreg.no har eit pådrivaransvar for å oppnå auka kvalitet på offentlege nettstader. Noreg.no vurderer årleg om lag 700 nettstader etter kriterium for tilgjengelegheit, brukartilpassing og nyttig innhald. Vurderinga skal medverke til utvikling og forbetring av kvaliteten på offentlege nettstader. I 2007 vart kriteriesettet revidert, og krava til offentlege nettstader vart skjerpa.
Miside vart lansert 18.12.2006 som ein del av nettstaden Noreg.no. Forvaltning, drift og utvikling av Miside og innloggingsløysinga Minid har vore sentrale arbeidsoppgåver i 2007. I september vann Miside den europeiske prisen for framståande e-forvaltningsløysingar, European eGovernment Awards. Kåringa av Miside i klassen for Participation and transparency (deltaking og openheit) viser at Noreg er i front i utviklinga av innbyggjarretta tenester. Vel 1½ år etter lanseringa har Miside-tenesta over 450 000 registrerte brukarar, og Minid som vart lansert samstundes, har passert 670 000 registrerte brukarar. Meir enn 65 offentlege verksemder tilbyr no til saman over 400 elektroniske tenester til innbyggjarane.
Programkategori 01.10 Fylkesmannsembeta
Utgifter under programkategori 01.10 fordelte på kapittel
(i 1 000 kr) | |||||
---|---|---|---|---|---|
Kap. | Nemning | Rekneskap 2007 | Saldert budsjett 2008 | Forslag 2009 | Pst. endr. 08/09 |
1510 | Fylkesmannsembeta | 1 355 503 | 1 113 506 | 1 343 379 | 20,6 |
Sum kategori 01.10 | 1 355 503 | 1 113 506 | 1 343 379 | 20,6 |
Inntekter under programkategori 01.10 fordelte på kapittel
(i 1 000 kr) | |||||
---|---|---|---|---|---|
Kap. | Nemning | Rekneskap 2007 | Saldert budsjett 2008 | Forslag 2009 | Pst. endr. 08/09 |
4510 | Fylkesmannsembeta | 267 526 | 15 361 | 149 961 | 876,2 |
Sum kategori 01.10 | 267 526 | 15 361 | 149 961 | 876,2 |
Hovudmål for fylkesmannsembeta
Fylkesmannen er statens fremste representant i fylket. Fylkesmannen skal setje i verk statleg sektorpolitikk lokalt og regionalt - rettsleg korrekt, heilskapleg og samordna. For å nå dette målet har Fylkesmannen myndigheit på fleire sentrale politikkområde som skal sjåast i samanheng. Fylkesmannen har ein særleg viktig funksjon i grenseflata mellom statleg sektorpolitikk og kommunalt sjølvstyre, og mellom kommunane og innbyggjarane.
Politikkområda omfattar oppgåver frå til saman 12 departement. Fagområda er nærare omtalte i fagproposisjonane til dei respektive departementa. Kvart fagdepartement er fagleg overordna embeta på det aktuelle fagområdet, medan Fornyings- og administrasjonsdepartementet er administrativt overordna fylkesmannsembeta. Ansvaret for Fylkesmannens verksemd er dermed delt mellom statsrådane.
I arbeidet med å setje i verk politikken til regjeringa, tek Fylkesmannen hand om fleire funksjonar:
er bindeledd og samordnar mellom stat, kommune og innbyggjarar
utøver myndigheit, rettstryggleiks- og kontrollfunksjon
tek hand om fornyings- og utviklingsverksemd
Regjeringa arbeider med ei forvaltningsreform som vil få innverknad for Fylkesmannen si rolle og oppgåver frå 2010, jf. St.meld. nr. 12 (2006–2007) «Regionale fortrinn - regional framtid» og Innst.S. nr. 166 (2006–2007). Forslag frå Regjeringa var på høyring våren 2008. Regjeringa tek sikte på å fremje ei samleproposisjon for Stortinget hausten 2008. Hovudmåla for Fylkesmannen ligg fast i 2009.
Boks 2.1 Fylkesmannsembeta
utfører oppgåver for 12 departement og 8 direktorat/tilsyn.
har 2244 tilsette som utfører 2093 årsverk (Kjelde: Statens Sentrale Tenestemannsregister 03. 2008).
6 av 18 fylkesmenn er kvinner, mens 40 % av anna leiing i fylkesmannsembeta er kvinner.
har ei gjennomsnittleg sakshandsamingstid for klagesaker etter sosialtenestelova på 1,8 månader i 2007, som er det same som i 2006.
har ei gjennomsnittleg sakshandsamingstid for klagesaker etter plan- og bygningslova på 3 månader i 2007, same som i 2006.
Riksrevisjonen kritiserte styringa og finansieringa av fylkesmannsembeta i Dokument nr. 3:14 (2006–2007). Fornyings- og administrasjonsdepartementet har kartlagt tidsbruk og måloppnåing på alle resultatområda i fylkesmannsembeta i 2007 og drøfta ressurssituasjonen med ansvarlege fagdepartement. Regjeringa er oppteken av å sikre rettstryggleiken for svake grupper i samfunnet. Regjeringa har derfor foreslått å auke løyvinga til fylkesmannsembeta med 25 mill. kroner for å styrkje arbeidet med tilsyn og klagesakshandsaming innan barnevernsområdet, helse- og sosialområdet og utdanningsområdet. Styrkinga gjeld òg arealplanlegging og arbeidet med natur- og miljøvern, og den vil betre forholdet for lokalt næringsliv gjennom raskare sakshandsaming i byggjesaker. Det er òg prioritert å arbeide for ein betra kontroll med m.a. tilskotsordningane for landbruket. Fornyings- og administrasjonsdepartementet vil i samarbeid med ansvarlege departement vidareutvikle eit finansieringssystem med sikte på at både departementa og det einskilte embetet skal kunne følgje utvikling av forholdet mellom oppgåver og ressursar på fagområda på ein betre måte.
Bindeledd og samordnar mellom stat, kommune og innbyggjarar
Fylkesmannen har ei viktig rolle i å formidle heilskapleg statleg politikk og forventingar til kommunane, på tvers av alle politikkområda. I den samanhengen er Fylkesmannen bindeledd og samordnar mellom staten og kommunane og skal òg vere meklar mellom ulike statlege sektorar, kommunar og fylkeskommunar.
Fylkesmannen medverkar til samordning av kommuneretta verksemd i regionale statsetatar. Fylkesmannen arbeider for å vidareutvikle møteplassar der Fylkesmannen, fylkeskommunane, kommunane, kommunesektorens interesse- og arbeidsgivarorganisasjon og andre regionale aktørar kan møtast og gjensidig utveksle erfaringar, tilbakemeldingar og formidle forventingar. Fylkesmannen er ein sentral informasjonskanal frå kommunane og innbyggjarane attende til staten og departementa.
Fylkesmannen har ansvar for å hjelpe til med kunnskap om bruk av lover og gir rettleiing om generell sakshandsaming i kommunane slik at kvaliteten vert sikra. Fylkesmannen førebur saker for direktorat og departement, har oppgåver knytte til innsamling og samordning av data og gir fagleg rettleiing.
På miljø- og landbruksområdet varetek Fylkesmannen nasjonal politikk og målsetjingar som er fastsette av Stortinget og regjeringa, og medverkar til å omsetje desse til regionale og lokale mål og tiltak. Fylkesmannen gjennomfører nasjonal miljøpolitikk der staten er forplikta etter internasjonale avtalar.
Fylkesmannen medverkar til utveksling av røynsler med samhandling mellom kommunale helse- og sosialtenester og dei andre helsetenestene (spesialisttenester og tannhelsetenesta). Fylkesmannen medverkar til at gode løysingar vert gjort kjende, og skaper møteplassar som stimulerer til auka samarbeid på tvers av sektorar og fagområde.
Oppvekst og levekår for barn og unge har stor innverknad på deira fysiske, psykiske og sosiale utvikling. Gjennom ansvaret for samordning gir Fylkesmannen råd til og motiverer kommunane til samarbeid mellom tenester og ulike institusjonar som arbeider for og med barn og unge og deira familiar. Dette gjeld mellom anna helsestasjonar, barnehagar, skular, barnevern og ulike frivillige organisasjonar.
Fylkesmannen sine oppgåver i samband med kommune- og fylkesplanlegginga er sentrale verkemiddel for formidling av statleg sektorpolitikk på viktige område. Samstundes fremjar Fylkesmannen heilskapleg statleg politikk i planleggingsarbeidet og medverkar med heilskapleg formidling av statleg arealpolitikk slik at dei nasjonale måla for lokal og regional omstilling og utvikling på kvart område er i samsvar med andre nasjonale mål. I høve til innbyggjarane og næringslivet sikrar Fylkesmannen som klageinstans at kommunale planvedtak prosessuelt og innhaldsmessig er i samsvar med plan- og bygningslovgivinga og nasjonale interesser.
Fylkesmannen har ei viktig rolle ved kriser og katastrofar i fred, som samordnar av samfunnstryggleiksarbeidet i fylket. Fylkesmannen rettleier kommunane, og arbeider nært med Forsvaret og andre statsetatar i dette.
Utøving av myndigheit, rettstryggleiks- og kontrollfunksjonen
Fylkesmannen er forvaltnings- og tilsynsmyndigheit etter fleire lover. Fylkesmannen fører tilsyn med at kommunane og andre offentlege og private verksemder etterlever nasjonalt regelverk. Fylkesmannen er òg ein viktig rettstryggleiksinstans for innbyggjarane i klagesaker der kommunane fattar rettsleg bindande vedtak. Innbyggjarane skal oppleve Fylkesmannen som ein uhilda instans, som vektlegg rettstryggleik som grunnlag for vedtaka sine. Ved handsaminga av søknader om fri saksførsel og fritt rettsråd sikrar Fylkesmannen innbyggjarar med mindre god økonomi naudsynt juridisk hjelp i saker som har mykje å seie for dei personleg eller for velferda deira. Fylkesmannens oppgåver knytte til overformynderia si verksemd er òg med på å sikre hjelp til dei som treng det for å ivareta interessene sine på det økonomiske og/eller det personlege området.
Fylkesmannen rettleier kommunane i økonomisk planlegging og forvaltning, og fokuserer på at kommunane føretek ein gjennomgang av finansforvaltninga si. Fylkesmannen rettleier og formidlar kunnskap om regelverk på økonomi, planlegging og rapportering til kommunane. Fylkesmannen gjennomfører lovlegkontroll av budsjett og godkjenner vedtak om låneopptak i kommunar som er under vilkårsbunden kontroll (ROBEK).
Fylkesmannen har ei omfattande og viktig oppgåve med å føre tilsyn på ulike samfunnsområde som er viktige for velferd, utdanning, helse og tryggleik for innbyggjarane og for miljøtilhøva i fylket. For å utøve tilsyn og kontroll med at verksemdene følgjer lover og reglar, nyttar Fylkesmannen seg av ulike metodar i høve til ulike tilsynsobjekt og tenesteområde. Det er eit mål at Fylkesmannen skal utvikle ei størst mogleg samordna tilsynsverksemd og -metodikk. I kapittel 10A i kommunelova er Fylkesmannen gitt ei lovfesta rolle som samordnar av statleg tilsynsverksemd retta mot kommunane. Samordninga skal medverke til at staten sitt tilsyn med kommunane vert oversiktleg, einskapleg og føreseieleg.
Fylkesmannen har i 2008 arbeidd med risikobaserte kontrollplanar knytte til tilskotsordningane i landbruket og lagt desse til grunn for si kontrollverksemd. Fylkesmannen sin kontrollfunksjon knytt til tilskotsordningane i landbruket skal vidareutviklast i 2009. I arbeidet vert det lagt særskilt vekt på forvaltningskontroll i kommunane, slik at ordningar vert forvalta einskapleg samtidig som rettstryggleiken vert teken vare på.
Fornyings- og utviklingsverksemd
Fylkesmennene stimulerer til lokalt omstillings- og fornyingsarbeid. Fylkesmennene sitt arbeid med omstilling og fornying må òg sjåast i samband med arbeidet knytt til rettleiing, samordning og skjønstildeling, og med regjeringa sitt arbeid med fornying i kommunesektoren, der Kvalitetskommuneprogrammet inngår som ei viktig satsing, jf. St.prp. nr. 57 (2007–2008) «Kommuneproposisjonen 2009».
Arbeidet med styrking av lokalt miljøvern skal vidareførast. Regjeringa ser dette i samanheng med fornyingsarbeidet i kommunal sektor med sterkare fokus på kommunane si rolle som samfunnsutviklarar. Fylkesmannen medverkar i gjennomføringa med fagleg støtte og deltaking i nettverkssamarbeid, rettleiing og kompetanseutvikling. Arbeidet vert samordna med det kommuneretta arbeidet på landbruksområdet.
Som eit ledd i regjeringa sitt arbeid med klima- og miljøutfordringane, er det etablert eit nasjonalt utviklingsprogram for klimatiltak i landbruket for å styrkje landbruksområdet sitt arbeid med klimagassar. Fylkesmannen er ein viktig aktør i dette arbeidet i samband med kompetanseinnhenting, kompetanseoppbygging og som medspelar til kommunane som arbeider med klima- og energiplanar. Fylkesmannen medverkar vidare til at måla i Landbruks- og matdepartementet sin miljøstrategi 2008-2015 vert nådde gjennom rolla som pådrivar overfor kommunar, landbruksnæringa og andre relevante aktørar.
Handlingsplan for auka tilgjenge gjennom universell utforming gjeld for perioden 2005–2009. Fylkesmannen integrerer universell utforming som strategi i verksemda si og legg særleg vekt på å rettleie kommunane om universell utforming på alle relevante politikkområde.
Barnehagesektoren står framfor monalege strukturendringar ettersom regjeringa tek sikte på at retten til barnehageplass vert innført i 2009 og tilskotta til barnehagar vert innlemma i rammetilskottet til kommunane i 2011. Fylkesmannen si rolle som formidlar av nasjonale styringssignal vil bli svært viktig dei nærmaste åra.
Regjeringa legg vekt på å betre barnevernstenesta si evne til å setje inn eigna hjelpe- og omsorgstiltak for barn som vert utsette for omsorgssvikt og mishandling. Gjennom sin kontakt med kommunane stimulerer Fylkesmannen til nytenking, organisasjons- og tiltaksutvikling og kompetanseutvikling i barnevernstenesta.
Dei neste tiåra vil Noreg oppleve demografiske endringar med ei gradvis aldrande befolkning. Gruppa eldre blant ikkje-vestlege innvandrarar vil òg auke i åra som kjem. Fylkesmannen medverkar til å førebu kommunane på dei auka oppgåvene dette kan føre til på helse- og sosialtenesteområdet og sørgjer for at dette vert sett på dagsordenen i kommunal planlegging. Fylkesmannen gir råd og stimulerer til auka brukarstyring og aktiv deltaking frå dei eldre. Den kommunale omsorgstenesta dekkjer etter kvart heile livsløpet, og har dei siste åra fått mange nye brukargrupper med langvarige og samansette problem og lidingar, som krev anna fagleg kompetanse enn heimetenestene tradisjonelt har rådd over. Fylkesmannen hjelper kommunane i det utviklings- og omstillingsarbeidet desse nye utfordringane krev, spesielt i høve til kompetanse og fagleg breidd.
Oppgåver på dei einskilde politikkområda
Velferd, helse og personleg tenesteyting
Fylkesmannen fører tilsyn med at innbyggjarane får den handsaminga av kommunane som dei etter lov og andre føresegner har krav på innan sosialtenester, barnevern, rustenester, utdanning og verjemål. Helsetilsynet i fylka fører tilsyn med at innbyggjarane får det same tilbodet når det gjeld helsetenester. Fylkesmannen og Helsetilsynet i fylka fører tilsyn med at både kommunale og andre verksemder, mellom anna helseføretaka, rettar seg etter dei plikter som følgjer av lovene. Dette er ikkje minst viktig når det gjeld likeverdige tenester for personar med minoritetsbakgrunn.
Fylkesmannen har ei viktig rolle i å setje i verk tiltak i handlingsplanen mot kjønnslemlesting. Fylkesmannen syter for kurs/seminar for å heve kompetansen hos helsepersonell, og stimulerer til tiltak i regi av helsestasjons- og skolehelsetenesta i kommunane for å førebyggje kjønnslemlesting. Vidare kartlegg Fylkesmannen omfanget av saker, erfaringar og kompetansebehov knytt til kjønnslemlesting i det kommunale barnevernet. Kartlegginga og anbefalingane frå Fylkesmannen om kompetansetiltak utgjer grunnlaget for vidare satsing på kompetansestyrking i det kommunale barnevernet og i helsestasjons- og skolehelsetenesta.
I 2009 vil Fylkesmannen saman med Helsetilsynet i fylka gjennomføre landsomfattande tilsyn med kommunale helse- og sosialtenester til barn i barnebustader og avlastningsbustader. Helsetilsynet i fylka vil i 2009 sluttføre det toårige landsomfattande tilsynet med spesialisthelsetenester til vaksne med psykiske lidingar.
Fylkesmannen medverkar til å setje i verk Opptrappingsplan for rusfeltet overfor kommunane. I samarbeid med Helsedirektoratet og dei regionale kompetansesentra for rusmiddelspørsmål, hjelper Fylkesmannen kommunane med å betre kvaliteten på rusarbeidet. Fylkesmannen sitt arbeid med rusrådgiving vert finansiert over budsjettet til Helse- og omsorgsdepartementet.
Stortinget har vedteke at Opptrappingsplanen for psykisk helse skal avsluttast i 2008. I 2009 medverkar Fylkesmannen til at tiltak og arbeidsmåtar som er sette i verk i planperioden vert vidareførte, og følgjer opp og kvalitetssikrar kommunane si rapportering om utviklinga av det psykiske helsearbeidet. Embeta sine rådgivarar innan det psykiske helsefeltet er finansierte over budsjettet til Helse- og omsorgsdepartementet. Arbeidet med psykisk helse vert sett i samanheng med Fylkesmannen sitt arbeid på rusfeltet.
Stortinget har vedteke eit nytt kapittel 4A i lova om pasientrettar om helsehjelp til personar utan samtykkekompetanse som motset seg helsehjelpa, jf. Ot.prp. nr. 64 (2005–2006) og Innst.O. nr. 11 (2006–2007). Lova trer i kraft 01.01.2009. Fylkesmannen og Helsetilsynet i fylket er tillagde oppgåver knytte til klagesakshandsaming, overprøving og kontroll av einskildvedtak, pluss tilsynsoppgåver. Embeta vert styrkte over Helse- og omsorgsdepartementet sitt budsjett til oppgåva.
Fylkesmannen formidlar nasjonale satsingar i folkehelsepolitikken, deltek i det regionale partnarskapet for folkehelse og medverkar til samordning av ulike politikkområde som har innverknad på folkehelsa. Fylkesmannen syter for helsefagleg kunnskap, rådgiving og rettleiing i folkehelsespørsmål regionalt og lokalt, og medverkar i arbeidet for ei jamnare sosial fordeling av helse i befolkninga. Når det gjeld tverrdepartementale handlingsplanar innan mellom anna betre kosthald i befolkninga, fysisk aktivitet og tobakksførebyggjande arbeid, medverkar Fylkesmannen til at tiltaka innan dei einskilde sektorane vert gjennomførde og sette i samanheng. Dette gjeld til dømes helse-, miljø-, landbruks-, sosial- og utdanningssektoren. Fylkesmannen legg til rette for lokale lågterskeltilbod på livsstilsområdet, mellom anna med bakgrunn i Helsedirektoratet si kartlegging av status i sjukeheimar og nye nasjonale retningslinjer for førebygging og handsaming av underernæring.
I tråd med St.meld. nr. 25 (2005–2006) «Mestring, muligheter og mening» vil Fylkesmannen framleis syte for at dei komande omsorgsutfordringane vert sette på dagsorden i kommunane, og vil initiere og følgje opp planarbeidet i kommunane for å møte desse utfordringane. Fylkesmannen medverkar i arbeidet med å utvikle både institusjonstenestene og heimetenestene i tråd med krava til framtidas omsorgsteneste. Omsorgsplan 2015 lyfter fram fire store prosjekt: 10 000 nye årsverk i pleie- og omsorgstenesta, 12 000 nye omsorgsplassar, Demensplan 2015 og Kompetanseløftet 2015. I samarbeid med mellom anna KS og Husbanken, sikrar Fylkesmannen at alle tiltaka og delplanane i Omsorgsplan 2015 vert følgde opp som ein heilskapleg plan. Embeta vert tilførde ressursar over Helse- og omsorgsdepartementets budsjett for å følgje opp Omsorgsplan 2015.
Fylkesmannen er med i utviklinga av kompetanse og kvalitet i sosialtenesta og legg til rette for utvikling av bustadsosialt arbeid, rettleiing i personleg økonomi og andre oppgåver i kommunane knytte til innsatsen mot fattigdom. Fylkesmannen deltek i NAV-reforma i samarbeid med Arbeids- og velferdsetaten og representantar frå kommunane i fylket. Fylkesmannen si rolle er særleg knytt til kompetanseutvikling i sosialtenesta, deltaking i den regionale samordninga av reforma, og dessutan å gi råd til kommunane i arbeidet med å etablere ei felles statleg og kommunal arbeids- og velferdsforvaltning (NAV-kontor).
Regjeringa vil styrkje rettstryggleiken for brukarane av sosialtenesta og førebur eit lovforslag som vil utvide Fylkesmannen sitt tilsyn til å omfatte kommunane si forvaltning av økonomisk stønad, kvalifiseringsprogram og kvalfiseringsstønad. Ein odelstingsproposisjon er planlagt fremja for Stortinget våren 2009, og regjeringa tek sikte på at lova skal kunne tre i kraft medio 2009.
Fylkesmannen meklar i tvistar som hindrar Arbeids- og velferdsetaten og kommunane i å inngå avtale om felles, lokale NAV-kontor, jf. forskrift til arbeids- og velferdsforvaltningslova av 12. mars 2007. Fylkesmannen og Helsetilsynet i fylka følgjer omorganiseringa når det gjeld integrering av andre sosialtenester med tanke på å identifisere område med fare for svikt.
Oppvekst, barnehagar, utdanning og likestilling
Fylkesmannen følgjer opp alle kommunane i arbeidet med å dimensjonere for ein lovfesta rett til barnehageplass. Fylkesmannen har særleg fokus på dei kommunane som har vanskar med å nå målet om full barnehagedekning, men vil òg gjere sitt til at dei kommunane som har nådd full barnehagedekning held denne oppe. Fylkesmannen medverkar i oppfølginga av barnehagelova, rammeplanen for barnehagar og kompetansestrategien for barnehagesektoren, og forvaltar dei statlege midlane til lokale kompetansetiltak. Tilsyn med kommunen som barnehagemyndigheit er ei prioritert oppgåve. Føremålet med tilsynet er å sikre at krava i barnehagelova vert oppfylte og å medverke til å sikre kvaliteten på barnehagetilbodet.
På utdanningsområdet vil tilsyn vere hovudoppgåva for Fylkesmannen i 2009. Tilsynet medverkar til at grunnopplæringa vert gjennomført i samsvar med opplæringslova og privatskolelova med tilhøyrande forskrifter. Fylkesmannen rettar særleg merksemd mot skular og skuleeigarar der det er grunn til å tru at rettane til elevane ikkje er oppfylte. Fylkesmannen gjennomfører nasjonalt tilsyn med felles metodikk (systemrevisjon) på utvalde område innanfor utdanningssektoren. Fylkesmannen vil òg følgje opp tiltak for auka kvalitet i grunnopplæringa, jf. St.meld. nr. 31 (2007–2008) «Kvalitet i skolen». Embeta vert tilførde ressursar over Kunnskapsdepartementets budsjett til dette.
Tilsyn er hovudoppgåva til Fylkesmannen på barnevernsområdet. Fylkesmannen vil oppfylle krava i lovverket om individretta og systemretta tilsyn i offentlege og private barnevernsinstitusjonar. I 2009 vil arbeid knytt til meldingar til barnevernet og oppfølging av mottekne meldingar få særleg merksemd. Fylkesmennene held naudsynt oversikt over, og fører tilsyn med, utviklinga i barnevernstenesta i kommunane, og syter for at feil og manglar vert retta opp. Fylkesmannen rettleier og følgjer opp kommunane i arbeidet deira på barnevernsområdet.
Fleire fylkesmannsembete vil i løpet av 2009 få meir arbeid med å føre tilsyn med omsorgsenter for einslege mindreårige asylsøkjarar og flyktningar under 15 år fordi talet på einslege har auka. Fylkesmannen er klagemyndigheit på einskildvedtak fatta overfor denne gruppa.
Fylkesmannen har sakshandsamings- og informasjonsoppgåver etter ekteskapslova og barnelova, og fører tilsyn med familievernkontora. Fylkesmannen arbeider aktivt og målretta for å fremje likestilling gjennom å påverke og rettleie kommunane på alle politikkområda.
Arealdisponering og byggjesaker
Fylkesmannen har ansvar for at nasjonal politikk vert formidla og teke vare på i handsaminga av kommunale og regionale planar. Fylkesmannen har ei viktig rolle i høve til å gjennomføre nasjonale mål, setje i verk ny plan- og bygningslov og til å synleggjere kommunane sitt handlingsrom på plan- og miljøområdet. Fylkesmannen legg til rette for ein differensiert arealpolitikk for å oppretthalde og auke busetjinga i distrikta.
Fylkesmannen samordnar statlege forventingar og interesser i høve til kommunar og fylkeskommunar, og er ansvarleg for at regional stat medverkar i regionale planprosessar og i gjennomføring av godkjende planar, mellom anna ved å følgje opp godkjende fylkesplanar og fylkesdelplanar for kjøpesentra. Fylkesmannen og regionale statsetatar deltek òg i ulike partnarskap for å stimulere den regionale utviklinga.
Reglane om bygging i 100-metersbeltet langs sjøen er stramma inn. Fylkesmannen har særleg merksemd på at kommunane held fram med ein streng praksis ved handsaming av plansaker i strandsona og i fjellområda. Fylkesmannen har òg ei viktig oppgåve i å sjå til at kommunane sikrar miljøverdiar og friluftsliv i vassdragsnaturen, mellom anna gjennom innføring av byggjeforbod nærmare innsjøar og vassdrag enn 50–100 meter.
Fylkesmannen medverkar til at det vert teke omsyn til å oppretthalde eigna avstand mellom verksemder som handterer farlege stoff og bustadområde, bygningar og område med offentleg ferdsel, jf. St.meld. nr. 22 (2007–2008) «Samfunnssikkerhet».
Fylkesmannen medverkar i arbeidet med å sikre grønstruktur og friområde i byar og tettstader, mellom anna gjennom rettleiing og strengare handheving av Rikspolitiske retningslinjer for barn og unge. Ved handsaming av plansaker medverkar Fylkesmannen til at kommunane tek omsyn til truga artar, mellom anna i arbeidet med å sikre villreinen sine leveområde gjennom regionale planprosessar.
Det er regjeringa sitt mål å halvere den årlege omdisponeringa av jordressursar innan 2010 i forhold til den gjennomsnittlege omdisponeringa dei siste 10 åra. Fylkesmannen medverkar til at ivaretaking av viktige landbruksområde vert sett på den politiske dagsorden i kommunane. Regjeringa har lagt opp til ei meir restriktiv linje når det gjeld omdisponering av dyrka og dyrkbar mark, og Fylkesmannen har ei viktig rolle i å følgje opp dei nasjonale føringane når det gjeld jordvern. Fylkesmannen følgjer òg med på kommunane si praktisering av reglane i jord- og konsesjonslovgivinga, mellom anna i saker om deling, omdisponering og buplikt. I sin dialog med kommunane vil Fylkesmannen auke fokuset på priskontroll i konsesjonssaker, slik at prisane på landbrukseigedomar vert haldne på eit nivå som tilgodeser ei samfunnsmessig forsvarleg prisutvikling.
Fylkesmannen medverkar til å sikre landbruket sitt kulturlandskap i heile landet ved å stimulere kommunane til å peike ut kjerneområde for landbruk. I løpet av 2009 skal forvaltninga av om lag 20 utvalde kulturlandskap i jordbruket fordelt over heile landet vere sikra. Fylkesmannen har, saman med aktuelle kommunar, ei sentral rolle i å følgje opp og sikre skjøtsel og vedlikehald av desse områda. Setring er ein viktig del av kulturarven, og Fylkesmannen medverkar til at Noreg framleis tek vare på ein kultur som elles i Europa er i tilbakegang. Særskilde tiltak i verdsarvområda vil òg halde fram i dei fylka der dette er aktuelt.
Dei nasjonale måla for bygningspolitikken skal takast vare på og formidlast. Fylkesmannen arbeider med sikte på god kvalitet i det bygde miljø og for ein god og effektiv byggjeprosess både når det gjeld si eiga handsaming av klager og når det gjeld sakshandsaminga i kommunane.
Landbruksbasert næringsutvikling, naturressursforvaltning og miljøvern
Regjeringa har som mål å stanse tapet av biologisk mangfald innan 2010, og Fylkesmannen sitt arbeid for å sikre leveområde, naturressursar og artar er ein føresetnad for å nå dette målet. Fylkesmannen vert styrka over Miljøverndepartementet sitt budsjett for arbeidet med å sikre naturmangfaldet.
Det er ei målsetjing å få til eit taktskifte innan næringsutvikling og innovasjon i landbruket. På bakgrunn av dei nasjonale strategiane for landbruksbasert næringsutvikling og for forsking og forskingsbasert innovasjon, vil Fylkesmannen i samspel med kommunar og det regionale partnarskapet arbeide med næringsutvikling og innovasjon. Fylkesmannen vil vere i dialog med Innovasjon Norge om roller og samarbeidsflater mot kommunane når det geld styrking av det kommunale næringsapparatet, særskilt gjennom Innovasjon Norge sitt kommuneprosjekt. I høve til det kommuneretta arbeidet, vert Fylkesmannen styrkt over Landbruks- og matdepartementet sitt budsjett.
I samband med rulleringa av regionale miljøprogram i jordbruket (RMP) med verknad frå 2009 vil Fylkesmannen følgje opp ei auka målretting av ordninga. Fylkesmannen arbeider òg med tiltak for å redusere forureininga frå landbruket.
Regjeringa har sett som mål at 15 pst. av matproduksjonen og matforbruket skal vere økologisk innan 2015. Fylkesmannen medverkar i regjeringa si satsing på dette området mellom anna gjennom å følgje opp tiltak i dei fylkesvise handlingsplanane på økologisk landbruk.
Fylkesmannen medverkar i regjeringa sitt arbeid med berekraftig forvaltning og auka utnytting av skogressursane med sikte på verdiskaping og miljø- og energigevinstar. Fylkesmannen er ein pådrivar overfor kommunar og skognæring i arbeidet med auka bruk av trevirke og treprodukt, og av biomasse til bioenergi.
Fylkesmannen har ei viktig rolle i å sikre truga, sårbare og spesielt verdifulle naturtypar. Det arbeidet som Fylkesmannen utfører legg grunnlaget for å halde oppe tempoet i verneplanarbeidet, både i nasjonalparkplanen, skogvernet og i marin verneplan. Dei siste åra har forvaltning og skjøtsel av verneområda fått auka fokus, og Fylkesmannen sin innsats er avgjerande for å utvikle ei forvaltning slik at verneverdiane kan haldast oppe. Fylkesmannen vert styrka over Miljøverndepartementet sitt budsjett for arbeidet med vern og forvaltning av verneområda. I verneplanarbeidet har Fylkesmannen òg fokus på mogleg tilrettelegging for næringsutvikling.
Innanfor artsforvaltning er arbeid for å ta vare på villaksen, rovviltforvaltning og betre villreinforvaltning viktige oppgåver for Fylkesmannen. Fylkesmannen medverkar til samordning av landbrukspolitiske og miljøpolitiske verkemiddel i område der det kan oppstå konflikt mellom beiteinteresser og vern av rovvilt, og arbeider for å sikre god oppfølging og eit godt samarbeid med rovviltnemndene i regionen. I område der det vert utøvd reindrift ser Fylkesmannen til at reindrifta sine interesser vert vurderte og ivaretekne.
Fylkesmannen medverkar til å betre kunnskapen om dei truga artane i sitt fylke, og til utarbeiding og gjennomføring av handlingsplanar for truga artar.
Arbeidet med å følgje opp vassforvaltningsforskrifta (oppfølging av EU sitt vassrammedirektiv) er no inne i ein fase der hovuddelen av arbeidet ligg hos Fylkesmannen. Embeta vert tilførte auka ressursar over Miljøverndepartementets budsjett til dette. Fylkesmannen sitt arbeid knytt til kartlegging av biologisk mangfald og kvalitetssikring av data gir viktig informasjon til nasjonale databasar og grunnlag for meir effektiv og målretta forvaltning av artar og naturtypar.
Regjeringa har i St.meld. nr. 14 (2006–2007) «Sammen for et giftfritt miljø»» sett som mål at utslepp og bruk av helse- og miljøfarlege kjemikaliar ikkje skal føre til helseskade eller skader på naturens evne til produksjon og sjølvfornying. Fylkesmannen har ei rekkje oppgåver knytte til dei nasjonale måla i meldinga, mellom anna tilsyn, sanksjonar og oppfølging av industriverksemder og avfallsanlegg. Fylkesmannen medverkar til å løyse avfallsproblema slik at det vert minst mogleg ulempe for menneske og miljø. Arbeidet med grunnforureining og nedlagde avfallsdeponi skal vidareførast. Fylkesmannen syter for at utslepp frå kommunal avløpssektor er i samsvar med nye avløpsreglar i forureiningsforskrifta og medverkar til å redusere utslepp ytterlegare for å sikre god økologisk tilstand for vassførekomstane innan 2021, jf. vassforvaltningsforskrifta.
I St.meld. nr. 34 (2006–2007) «Norsk klimapolitikk», foreslår regjeringa mellom anna sektorvise klimahandlingsplanar der òg kommunesektoren inngår. Fylkesmannen rettleier kommunane og syter for at arealplanar tek klimaomsyn i høve til busetjings- og utbyggingsmønster, transport, energibehov og tilrettelegging for ny fornybar energi. Fylkesmannen formidlar data for tilstand og utvikling av miljøet gjennom Miljøstatus i sitt fylke.
Samfunnstryggleik og beredskap
Regjeringa legg vekt på samarbeid og samvirke for å sikre heilskapeleg og samordna krisehandtering på sentralt, regionalt og lokalt nivå, jf. St.meld. nr. 22 (2007–2008) «Samfunnssikkerhet». Fylkesmannen vil i 2009 medverke til at den nasjonale satsinga på tilpassing til klimaendringar vert reflektert i regional og lokal beredskapsførebuing og krisehandtering. Fylkesmannen ser til at analysar av risiko og sårbarheit vert gjennomførte, beredskapsplanar vert vidareutvikla og øvingar og opplæring vert sett i verk. Rett dimensjonerte og øvde rednings- og beredskapsorganisasjonar er viktige føresetnader for god handtering.
Overordna nasjonal helse- og sosialberedskapsplan vart revidert av Helse- og omsorgsdepartementet i 2008. Fylkesmannen vil, i tråd med planen, vidareutvikle og øve sitt eige apparat for å ivareta si rolle ved kriser innan helse- og sosialberedskapsområdet. Fylkesmennene medverkar til at kommunar, helseføretak og vassverk vidareutviklar beredskapsplanane sine, utviklar avtalar og prosedyrar for samhandling i sektoren ved kriser, og gjennomfører øvingar og andre nødvendige kompetansetiltak i tråd med lov om helsemessig og sosial beredskap og anna helse- og sosiallovgiving.
Rapport 2007
Arbeids- og inkluderingsdepartementet
Fylkesmennene har i 2007:
gitt rettleiing og informasjon til sosialtenesta i kommunane
arbeidd med oppfølginga av Handlingsplan mot fattigdom
arbeidd med nedbygging av hinder for personar med nedsett funksjonsevne mellom anna gjennom å sjå til at universell utforming vert nytta som strategisk verkemiddel for betre tilgjenge til helse- og omsorgstenester
arbeidd med gjennomføringa av NAV-reforma på fylkesnivå
arbeidd med å setje i verk nytt kvalifiseringsprogram
informert om dei økonomiske og juridiske rammevilkåra for opplæring i norsk og samfunnskunnskap for vaksne innvandrarar og introduksjonsordninga
For fyrste gong vart det i 2007 gjennomført statsborgarseremoniar i alle fylka. Totalt vart det gjennomført 27 seremoniar for meir enn 1000 nye statsborgarar. Oppslutninga om ordninga var på om lag 20 pst. av dei som vart inviterte til seremoni
Barne- og likestillingsdepartementet
Fylkesmennene har i 2007:
ført tilsyn med barnevernsinstitusjonane og barnevernstenesta i kommunane. Kompetansen og kvaliteten i tilsynsarbeidet har betra seg mellom anna gjennom fleire landsomfattande tilsyn og større merksemd på risiko- og sårbarheitsanalysar. I det individretta tilsynet i institusjonane er måloppnåinga nær 100 pst. Fylkesmennene har òg følgt godt opp systemrevisjonar i institusjonane, og i 2007 er dei kvantitative måla med få unnatak nådde i fylka
i tråd med trongen for nytenking og organisasjonsutvikling, har embeta i 2007 gitt naudsynt rettleiing til kommunar m.a. om forsøk om interkommunalt samarbeid i barnevernstenesta og etablering av internkontroll
gjennom kurs og møte arbeidd med likestillingslova sin aktivitetsplikt med sikte på å styrkje embetas kunnskap og rettleiingsrolle i høve til kommunane
handsama søknader om separasjon og skilsmisse. I 2007 vart det innvilga 11 413 separasjonar og 10 280 skilsmisser. Berre eit fåtal embete har ført tilsyn med familievernkontora i 2007. Det er utarbeidd nye retningslinjer for dette tilsynet, som tok til å gjelde frå 01.01.2008
Helse- og omsorgsdepartementet
Fylkesmennene har i 2007:
gjennomført 181 tilsyn som systemrevisjon med sosiale tenester. Av desse var 176 retta mot kommunar og bydelar, og fem mot andre verksemder. Av dei 181 tilsyna var 134 systemrevisjonar ledd i landsomfattande tilsyn. I alt 68 av desse var ledd i det felles tilsynet som vart gjennomført saman med Helsetilsynet i fylka retta mot kommunale helse- og sosialtenester til vaksne med psykiske lidingar. Dei andre systemrevisjonane var retta mot avlastnings- og støttekontakttenester etter sosialtenestelova. Dei 47 systemrevisjonane som ikkje var ein del av dei landsomfattande tilsyna vart gjennomførte på bakgrunn av informasjon som Fylkesmannen hadde om mellom anna risiko og sårbarheit i eige fylke. Desse tilsyna omfattar:
3 om rettstryggleik ved bruk av tvang og makt overfor utviklingshemma
11 om helse- og sosialtenester til heimebuande
7 om tenester til rusavhengige, i eller utanfor institusjon
Dei andre gjaldt kommunale tenester til barn, tenester til utviklingshemma og helse- og sosialberedskap
gjennomførte til saman 246 stadlege tilsyn knytte til bruk av tvang og makt overfor personar med utviklingshemming. Dette er ei auking frå året før. Det er ført tilsyn med om lag 1/3 av dei utviklingshemma som har tvangstiltak
handsama til saman 4 980 klagesaker etter sosialtenestelova i 2007. I alt 76 pst. av sakene vart handsama innan tre månader. Ni embete oppfylte kravet om at 90 pst. av klagesakene skulle handsamast innan tre månader. Talet på klagesaker etter sosialtenestelova er noko lågare enn tidlegare år
medverka til ei styrking av folkehelsearbeidet i fylke og kommunar gjennom fagleg rådgiving og rettleiing på ulike nasjonale tematiske innsatsområde
drive rådgiving og rettleiing om alkohollova til kommunane, og handsama klagesaker etter same lov
drive rådgiving og informasjonsverksemd overfor helsetenesta, sosialtenesta og pleie- og omsorgstenesta
medverka i arbeidet med Omsorgsplan 2015
medverka i arbeidet med Opptrappingsplan for psykisk helse gjennom rådgiving til kommunane, og medverka til god samhandling på individ- og systemnivå. Fylkesmannen har formidla oversikt og status på feltet til sentrale styresmakter
gjennom rådgiving og rettleiing til kommunane hatt eit tydeleg fokus på tenester til eldre
gjennomført opplærings- og informasjonstiltak på rusfeltet, medverka til at kunnskaps- og kompetansetiltaka på fagområdet er forankra i kommunane sine planar, og at kommunal kompetanseheving vert organisert som ein kontinuerleg prosess. Fylkesmannen har òg etablert faglege fora for kommunar med fokus på tverrfagleg tenesteutvikling
Helsetilsynet i fylka har i 2007:
gjennomført 247 tilsyn som systemrevisjonar med helsetenester. Desse tilsyna fordelte seg med 168 tilsyn i kommunehelsetenesta, 72 tilsyn i spesialisthelsetenesta og 7 tilsyn retta mot andre tenester. Av dei 247 var 68 del av det landsomfattande tilsynet med kommunale helse- og sosialtenester til vaksne med psykiske lidingar. Tilsynet har undersøkt om tenestene er tilstrekkelege og tilgjengelege for alle som treng dei, om tilbod er tilpassa den einskildes behov og ønske, og om ulike deltenester har samordna sine tilbod. 27 tilsyn vart del av det landsomfattande tilsynet med kvalitet og forsvarleg tenesteyting i akuttmottak i somatiske sjukehus
avslutta 1 727 tilsynssaker (enkeltsaker om mogeleg svikt i helsetenesta). Det er framleis store forskjellar i sakshandsamingstidene mellom embeta
avslutta 887 klagesaker om manglande oppfylling av rettskrav på helsetenester. Meir enn 40 pst. av sakene er knytte til dekning av nødvendige reiseutgifter mellom heim og behandlingsstad (pasientrettsloven § 2–6)
For ein nærmare presentasjon av tilsynsresultata viser ein til St.prp. nr. 1 (2008–2009) for Helse- og omsorgsdepartementet, omtale knytt til kap. 721 Statens helsetilsyn.
Justisdepartementet
Fylkesmennene har i 2007:
handsama til saman 242 klagesaker etter verjemålslova
ført tilsyn med og halde kurs for overformynderia i kommunane
handsama om lag 20 000 saker om fritt rettsråd. Dei fleste av desse sakene er rett nok innvilga av advokat. Fylkesmannen har handsama om lag 140 saker om fri saksførsel
utarbeidd eigen fylkes-ROS med oversikt over situasjonen for risiko og sårbarheit i fylket, med unnatak av tre embete som er i ferd med å utarbeide dette
gjennomført tilsyn (105 kommunar) og øvingar (152 kommunar) i kommunane når det gjeld samfunnstryggleik og beredskap
gjennomført møte i fylkesberedskapsråda
Kommunal- og regionaldepartementet
Fylkesmennene har i 2007:
arbeidd for at statleg forvaltning fungerer mest mogleg samordna i sin dialog med kommunane
stimulert kommunane i omstillings- og fornyingsarbeidet deira, og medverka til å skape kultur for omstilling i kommunane. Fylkesmannen har i 2007 gitt om lag 97,1 mill. kroner i skjønnsmidlar til 360 utviklingsprosjekt. Prosjekta har vore gjennomførte i einskildkommunar og interkommunale samarbeid, og har mellom anna omhandla politiske og administrative endringar, utvikling av serviceerklæringar og brukarundersøkingar og prosjekt med arbeidsmiljø- og personalforvaltningstiltak
rettleidd kommunane i økonomiforvaltninga. Fylkesmennene kontrollerte og godkjende budsjett og låneopptak for kommunar som er førde opp i Register for vilkårsbunden godkjenning og kontroll (ROBEK). I 2007 vart det sett i verk 75 lovlegkontrollar av budsjett, der 8 ikkje vart godkjende. Av 148 søknader om låneopptak frå ROBEK-kommunane vart 146 godkjende. Embeta følgde òg opp arbeidet med forpliktande plan for omstilling og kostnadsreduksjonar i ROBEK- kommunane
hatt fokus på finansforvaltning i kommunane. Fire av embeta gjennomførte lovlegkontroll av kommunale vedtak i til saman 8 kommunar der det var tvil om kommunelova sine reglar om finansielle plasseringar var overhaldne
godkjent til saman 125 kommunale garantiar av dei 127 som det vart fatta vedtak om
rettleidd kommunane om rapportering av KOSTRA-data
utført lovlegkontroll av kommunale vedtak. I 2007 vart til saman 97 saker handsama. 30 kommunale vedtak vart kjende ugyldige i 2007
handsama 4 440 klagesaker etter plan- og bygningslova i 2007. Dette talet har auka noko sidan 2006. Sakshandsamingstida er på gjennomsnittleg 3 månader, same som i 2006
Kunnskapsdepartementet
Fylkesmennene har i 2007:
arbeidd med full barnehagedekning gjennom møte og samlingar med kommunane og informasjons- og rettleiingsarbeid. Embeta har hatt særleg fokus på kommunane med lengst ventelister
gjennomført tilsyn med kommunen som barnehagemyndigheit. Det er variasjonar mellom embeta i kvaliteten på og omfanget av tilsynet, men mange embete har arbeidd grundig og målretta med tilsyn
følgt opp Strategi for kompetanseutvikling i barnehagesektoren (2007–2010) gjennom å forvalte statlege midlar til lokale kompetansetiltak
gitt informasjon og rettleiing om lover og anna regelverk til mellom anna lokale skuleeigarar
ført tilsyn og kontroll med at lover og anna regelverk vert følgde. Rapporteringa viser store variasjonar mellom embeta i kvaliteten på tilsynet
gjennomført felles nasjonalt tilsyn på utdanningsområdet med systemrevisjon som metode. Temaet var om skuleeigar oppfyller kravet i opplæringslova om tilpassa opplæring og spesialundervisning, og i tillegg om skuleeigar i samband med dette har eit forsvarleg system for vurdering av om krava i lov og forskrift vert oppfylde. Resultata viste at det var avvik i 80 av dei 90 kommunane det vart ført tilsyn med (om lag 90 pst.). Det var avvik i 17 av 18 fylkeskommunar. Utdanningsdirektoratet følgjer opp resultata
medverka til oppfølging av reforma Kunnskapsløftet, mellom anna gjennom informasjonsarbeid, oppfølging av læreplangrupper og innføring av nye læreplanar i grunnopplæringa. Vidare har fylkesmennene medverka til gjennomføring av Strategi for kompetanseutvikling i grunnopplæringa 2005–2008
følgt opp nasjonale strategiplanar knytte til mellom anna lesing og rekning
utført faste oppgåver knytte til eksamen, klagehandsaming (2 989 klagesaker, ein auke på 9,4 pst. frå 2006) og tilskottsforvaltning
Landbruks- og matdepartementet
Fylkesmennene har i 2007:
arbeidd for å ivareta dei nasjonale måla i landbrukspolitikken og vore ansvarlege for gjennomføringa av den nasjonale landbrukspolitikken på regionalt nivå
vore utviklings- og kompetanseorgan på landbruksområdet generelt, og vidareutvikla kompetansesenterfunksjonen overfor kommunane gjennom rettleiing, kompetansehevingstiltak og møteverksemd
styrkt dialogen med rådmenn og ordførarar og såleis medverka til at landbrukspolitikken i større grad vert sett på den politiske dagsorden i kommunane
revidert og følgt opp dei regionale strategiane for landbruksbasert næringsutvikling og gitt innspel til evalueringa av regionale miljøprogram. Næringsorganisasjonane og det regionale partnarskapet har delteke i arbeidet
stimulert til samarbeid og fellestiltak, innovasjon og verdiskaping gjennom nasjonale satsingar som verdiskapingsprogrammet for matproduksjon, trebasert innovasjonsprogram og bioenergiprogrammet
følgt opp regjeringa si satsing på skogbruk og bioenergi ved å utarbeide regionale strategiar for auka avverking og auka verdiskaping i samarbeid med næringa og kommunale og regionale partnarskap
medverka i regjeringa si satsing på økologisk landbruk gjennom revidering av fylkesvise handlingsplanar for økologisk landbruk
stimulert arbeidet med Grønt reiseliv og utmarksbaserte næringar i samarbeid med Innovasjon Norge, og med stønad til lokale prosjekt
utarbeidd tiltak for å redusere forureininga i landbruket, medverka til auka samordning av landbrukspolitiske og miljøpolitiske verkemiddel i område der det har oppstått konflikt mellom beiteinteresser og vern av rovvilt, mellom anna gjennom oppfølging av rovviltnemndene
samarbeidd med statleg forvaltning, fylkeskommunar, kommunar og anna statleg forvaltning om utviklingsprosjekt, fylkesplanar, kommuneplanar, og andre strategiske næringsplanar
arbeidd for å hindre at kulturlandskap gror igjen og at dyrka jord vert bygd ned, mellom anna gjennom dialog med kommunane og deltaking i planprosessar. Arbeidet er gjort i tråd med målsetjinga om å halvere den årlege omdisponeringa av viktige jordressursar og å vareta spesielt verdifulle kulturlandskap innan 2010
starta opp ei særskilt satsing på kontroll av dei direkte tilskota i jord- og skogbruket. Ordningane er ein del av det totale verkemiddelapparatet
Miljøverndepartementet
Fylkesmennene har i 2007:
arbeidd med gjennomføring av verneplanar, mellom anna nasjonalparkplanen og utvida skogvern, og med forvaltning av verneområda
medverka i arbeidet med gjennomføring av statleg rovviltpolitikk og -forvaltning m.a. gjennom å sikre bestandar av bjørn, jerv, ulv, gaupe og kongeørn i tråd med etablerte bestandsmål i regionen, og ved å medverke til å minimere dei skadar desse rovviltartane har valda husdyr og tamrein. Arbeidet har vore i tråd med føringar frå rovviltnemnda i kvar einskild region
medverka i arbeidet med å utrydde lakseparasitten Gyrodactylus salaris i aktuelle fylke
arbeidd med kartlegging av biologisk mangfald i kommunane, m.a. fordelt tilskot og gitt fagleg rettleiing med spesiell fokus på kvalitetssikring og at nasjonale standardar er følgde. Fylkesmannen har oppdatert og kvalitetssikra databasar som Naturbase, Rovbase, INON, Vanninfo og Hjorteviltregisteret
formidla og handsama nasjonal miljøpolitikk i høve til sektormyndigheiter og kommunar, og medverka til samordning av statlege interesser i handsaming av kommunale og fylkeskommunale planar
i tråd med regjeringas politikk ført ein streng praksis ved handsaming av plansaker i strandsona og fjellområda
medverka i gjennomføring av det femårige utviklingsprogrammet på lokalt miljøvern og samfunnsutvikling
hatt fokus på universell utforming i høve til planlegging og har rettleidd kommunane om dette i samband med kommuneplanar og reguleringsplanar
teke hand om rolla som forureiningsmyndigheit, både mot næringsliv og kommunale verksemder
delteke i tre landsdekkjande og tre regionale kontrollaksjonar på forureiningsområdet. Aksjonane har vist at det framleis er stor trong for meir tilsyn, særleg knytt til miljøgifter og farleg avfall
gjennomført grovkarakterisering av vassdrag og kystområde, arbeidd med å få vassregionmyndigheit og vassregionutval operative, utarbeidd utkast til overvakingsprogram og førebudd arbeid med forvaltningsplan og tiltaksprogram for dei første 30 vassområda i Noreg
arbeidd med å følgje opp kommunane i å etterkomme krava i nytt avløpsregelverk, mellom anna kursa kommunane i det nye regelverket
sett i verk arbeidet med å gjennomføre tiltaksplanar for forureina sediment i dei prioriterte fjordområda
arbeidd med å gi nye løyver til dei avfallsdeponia som skal oppretthalde drifta etter 2009 og vidareført arbeidet med å avslutte dei deponia som ikkje skal drive vidare
arbeidd med å hente inn miljødata og formidle miljøtilstand og utvikling
Budsjett 2009
Kap. 1510 Fylkesmannsembeta
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2007 | Saldert budsjett 2008 | Forslag 2009 |
01 | Driftsutgifter | 1 131 534 | 1 098 108 | 1 193 379 |
21 | Spesielle driftsutgifter, kan overførast | 223 969 | 15 398 | 150 000 |
Sum kap. 1510 | 1 355 503 | 1 113 506 | 1 343 379 |
Post 01 Driftsutgifter
Løyvinga skal dekkje ordinære løns- og driftsutgifter for fylkesmannsembeta.
Det vert foreslått å auke løyvinga med 25 mill. kroner for mellom anna å styrkje arbeidet knytt til tilsyn og klagesakshandsaming på barnevernsområdet, innan helse- og sosialområdet og utdanningsområdet. Vidare skal løyvinga dekkje auka ressursinnsats innan arealplanlegging, natur- og miljøvern, klagesakshandsaming i byggjesaker og tilskotsforvaltning på landbruksområdet.
Det vert foreslått å auke løyvinga med 4,7 mill. kroner til Fylkesmannen sitt tilsyn med omsorgsenter for einslege mindreårige asylsøkjarar under 15 år, samt klagesakshandsaming på einskildvedtak fatta overfor denne gruppa. Løyvinga tek utgangspunkt i at det vil vere etablert sju omsorgssenter i 2009.
Det vert foreslått å overføre 1 mill. kroner frå Miljøverndepartementet sitt kap. 1400 post 21 Spesielle driftsutgifter til kap. 1510 post 01 for å styrkje embeta sitt arbeid knytt til handheving av regelverket for mottak av avfall i norske hamner.
Post 21 Spesielle driftsutgifter, kan overførast
I løpet av året får Fylkesmannen ekstra oppdrag frå andre departement og direktorat/tilsyn som det ikkje er avsett ressursar til innanfor kap. 1510 post 01. Oppdraga er knytte til mellom anna handlingsplanar og prosjekt, eller det vert gjort ei førebels styrking av eit fagområde gjennom overføring av midlar frå budsjettet til det ansvarlege fagdepartementet. Tilleggsfinansieringa frå andre departement vert ført på kap. 4510 post 01 Inntekter ved oppdrag. Det vert foreslått meirinntektsfullmakt til å overskride løyvinga under post 21 mot tilsvarande meirinntekter på kap. 4510 post 01.
Det vert vidare foreslått å auke løyvinga parallelt på post 21 og kap. 4510 post 01. Bakgrunnen er at i dei seinare år har rekneskapen vist store meirutgifter på post 21 og meirinntekter på kap. 4510.
Kap. 4510 Fylkesmannsembeta
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2007 | Saldert budsjett 2008 | Forslag 2009 |
01 | Inntekter ved oppdrag | 33 827 | 2 360 | 149 961 |
02 | Ymse inntekter | 202 693 | 13 001 | |
15 | Refusjon arbeidsmarknadstiltak | 1 448 | ||
16 | Refusjon av fødselspengar/adopsjonspengar | 9 749 | ||
17 | Refusjon lærlingar | 730 | ||
18 | Refusjon sjukepengar | 19 079 | ||
Sum kap. 4510 | 267 526 | 15 361 | 149 961 |
Post 01 Inntekter ved oppdrag
Det vert vist til omtale under kap. 1510 post 21
Post 02 Ymse inntekter
Det vert foreslått å overføre heile løyvinga frå post 02 Ymse inntekter til post 01 Inntekter ved oppdrag.
Post 02 skal berre nyttast til å inntektsføre refusjonar m.m. knytte til ordinære driftsutgifter under kap. 1510 post 01.
Programkategori 01.20 Forvaltnings- og IKT-utvikling
Utgifter under programkategori 01.20 fordelte på kapittel
(i 1 000 kr) | |||||
---|---|---|---|---|---|
Kap. | Nemning | Rekneskap 2007 | Saldert budsjett 2008 | Forslag 2009 | Pst. endr. 08/09 |
1521 | Direktoratet for forvaltning og IKT | 112 943 | 252 825 | 123,9 | |
1522 | Servicesenteret for departementa | 469 363 | 436 247 | 455 932 | 4,5 |
1523 | Tilskott til kompetanseutvikling | 18 292 | 20 000 | 14 000 | -30,0 |
Sum kategori 01.20 | 487 655 | 569 190 | 722 757 | 27,0 |
Inntekter under programkategori 01.20 fordelte på kapittel
(i 1 000 kr) | |||||
---|---|---|---|---|---|
Kap. | Nemning | Rekneskap 2007 | Saldert budsjett 2008 | Forslag 2009 | Pst. endr. 08/09 |
4521 | Direktoratet for forvaltning og IKT | 5 022 | 7 620 | 51,7 | |
4522 | Servicesenteret for departementa | 182 452 | 135 584 | 90 887 | -33,0 |
Sum kategori 01.20 | 182 452 | 140 606 | 98 507 | -29,9 |
Interimsorganisasjon for nytt forvaltningsorgan (tidlegare kap. 1523)
Rapport 2007
Interimsorganisasjonen for nytt forvaltningsorgan vart oppretta 01.07.2007 og var i arbeid fram til 31.12.2007 som ordinært forvaltningsorgan underlagt Fornyings- og administrasjonsdepartementet. Samstundes med at interimsorganisasjonen vart oppretta, vart aksjeselskapet Statskonsult avvikla. Arbeidet i aksjeselskapet vart heilt innlemma i forvaltningsorganet med dei arbeidstakarrettane som følgde av dette. Samtidig vart inngåtte avtalar og skyldnader overførde til staten. Interimsorganisasjonen la grunnlaget for det nye forvaltningsorganet som vart oppretta 01.01.2008, Direktoratet for forvaltning og IKT.
Hovudoppgåva i interimsorganisasjonen var i tillegg til å førebu etableringa av Direktoratet for forvaltning og IKT å arbeide med dokumentasjon og analyse, rettleiing og rådgiving. Den utførte òg administrative og operative oppgåver innanfor Fornyings- og administrasjonsdepartementet sitt ansvarsområde i forvaltningspolitikken, irekna organisering og fornying av offentleg sektor, personalpolitikk og leiing, kompetanseutvikling, IKT og innkjøpspolitikk.
Interimsorganisasjonen brukte i hovudsak sine ressursar i andre halvår 2007 til oppdrag som Statskonsult AS hadde vunne i konkurranse før 01.07.2007 og til å gjennomføre ei rekkje nye oppdrag frå departement og underliggjande verksemder i interimsperioden. I tillegg førebudde interimsorganisasjonen etableringa av Direktoratet for forvaltning og IKT, der òg Noreg.no, Ehandelssekretariatet og tilsette frå Fornyings- og administrasjonsdepartementet skulle inngå.
Interimsorganisasjonen var med på arbeid for å forbetre planlegging og oppstart av store og viktige IKT-prosjekt. Interimsorganisasjonen var sekretariat for arbeidsgruppa som utgreidde felles IKT-arkitektur og felleskomponentar for offentleg sektor.
Interimsorganisasjonen la vekt på å gjennomføre oppgåver som medverkar til ein god offentleg sektor. Særleg var det viktig å støtte arbeidet i departementa på ulike område. Interimsorganisasjonen støtta mellom anna Arbeids- og inkluderingsdepartementet i arbeidet med å gjennomgå utlendingsforvaltninga, Fornyings- og administrasjonsdepartementet sitt arbeid med å ferdigstille utvalsarbeidet om innkrevjing og Utanriksdepartementet sitt arbeid med bruk av nasjonale ekspertar. I samarbeid med mellom anna Fornyings- og administrasjonsdepartementet har det vore arbeidd med ei nasjonal innbyggjarundersøking om offentlege tenester. Interimsorganisasjonen har dessutan assistert Utlendingsdirektoratet, Integrerings- og mangfoldsdirektoratet, Husbanken, Statens forureiningstilsyn, Politiets utlendingsmyndigheit, Kripos, Arbeidstilsynet, Noregs Forskingsråd og Helse Øst RHF.
Interimsorganisasjonen gjennomførte 41 opne kurs og program og ni nettbaserte kurs. I tillegg kom verksemdsinterne opplæringstiltak. På rådgivingssida har det særleg vore etterspurnad etter leiarutviklingstiltak.
Resultatvurdering
Fornyings- og administrasjonsdepartementet vurderer resultata for interimsorganisasjonen som tilfredsstillande. Bidraga til departementa sitt utviklingsarbeid har gitt ein god start for eit nyoppretta direktorat, særleg når ein tek i vurdering at interimsorganisasjonen har vore i ei krevjande omstilling. Administrativt vart det etablert eit tilfredsstillande grunnlag for det nye direktoratet.
Kap. 1521 Direktoratet for forvaltning og IKT
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2007 | Saldert budsjett 2008 | Forslag 2009 |
01 | Driftsutgifter | 90 660 | 116 354 | |
21 | Spesielle driftsutgifter, kan overførast | 9 283 | 42 899 | |
22 | Miside, kan overførast | 13 000 | 13 572 | |
23 | Elektronisk ID, kan overførast | 80 000 | ||
Sum kap. 1521 | 112 943 | 252 825 |
Allmenn omtale
Det overordna målet for Direktoratet for forvaltning og IKT er å sikre ei systematisk og kontinuerleg utvikling av statleg sektor. Direktoratets verksemd skal føre til at statsforvaltninga er kjenneteikna av kvalitet, effektivitet, brukarretting, openheit og medverknad, og til at den er organisert og leidd på ein god og målretta måte.
Direktoratet skal utføre oppgåver for Fornyings- og administrasjonsdepartementet og for andre departement og underliggjande verksemder. Ei viktig oppgåve for direktoratet er på eige initiativ å ta opp problemstillingar som gjeld forvaltninga.
Direktoratet for forvaltning og IKT tilbyr kompetansetiltak, metodeutvikling, rettleiing, rådgiving, analysar og informasjonsformidling innanfor sitt ansvarsområde. Dette omfattar mellom anna:
organisering og omstilling i staten
utvikling av leiarar og medarbeidarar i staten
styring og samordning av IKT i offentleg sektor, inklusive utvikling og forvaltning av felles IKT-løysingar
offentlege innkjøp
statleg kommunikasjon overfor innbyggjarar og andre
Direktoratet må ha nært samarbeid med mellom anna Senter for statleg økonomistyring og miljø innanfor IKT-utvikling for å sørgje for at ulike sektorovergripande initiativ utfyller kvarandre og er godt koordinerte.
Direktoratet for forvaltning og IKT vart oppretta 01.01.2008. Direktoratet er ei samanslåing av tidlegare Statskonsult AS, Noreg.no og Ehandelssekretariatet. Somme oppgåver og medarbeidarar frå Fornyings- og administrasjonsdepartementet har òg gått inn i den nye verksemda. Direktoratet er lokalisert i Oslo og Leikanger og har no om lag 120 tilsette.
Mål og prioriteringar 2009
Fornyings- og administrasjonsdepartementet har fastsett at hovudmåla for Direktoratet for forvaltning og IKT er å:
ha ei sentral rolle i arbeidet med å utvikle ein betre og meir effektiv offentleg sektor
vere ein pådrivar i utvikling av leiarar og medarbeidarar i staten
leggje til rette for koordinert, brukarretta og kostnadseffektiv IKT-bruk i offentleg sektor
etablere og drive ein felles infrastruktur for eID i offentleg sektor
leggje til rette for samfunnsnyttige, kostnadseffektive og kvalitetsretta innkjøp
Det nye direktoratet er under oppbygging. Måla for Direktoratet for forvaltning og IKT kan bli justerte i tilknyting til ein pågåande strategiprosess, kor det òg er lagt opp til å overføre nokre oppgåver og medarbeidarar frå Fornyings- og administrasjonsdepartementet, jf forslag til vedtak IV.
Direktoratet for forvaltning og IKT skal ha ei sentral rolle i arbeidet med å utvikle ein betre og meir effektiv offentleg sektor
Som ledd i arbeidet med å fornye og effektivisere statsforvaltninga, er det viktig å utvikle, systematisere og formidle kunnskap om organisering, leiing og andre verkemiddel. Direktoratet skal utvikle og formidle kunnskap om kva effektar ulike endringar har på sektorpolitikken og korleis alternativ organisering og andre verkemiddel fungerer for å nå tverrgåande og overordna politiske mål. Direktoratet skal medverke til gode omstillingsprosessar i staten. Direktoratet skal stå for den praktiske oppfølginga av staten sin kommunikasjonspolitikk og må sikre at brukarorientering får ein sentral plass i utviklingsarbeidet.
Direktoratet skal i 2009:
hjelpe departement og direktorat i utviklingsarbeidet deira, særleg med problemstillingar som er viktige for erfaringsoverføring til andre delar av forvaltninga
gjennomføre områdegjennomgangar i offentleg sektor ved å analysere sider av utviklinga av statleg sektor
utvikle metodar for å gjere statsforvaltninga meir brukarvennleg
utvikle innbyggjarundersøkingar som reiskap for mellom anna å sikre betre kvalitet og rettstryggleik i statlege verksemder
gjennomføre og følgje opp staten sin kommunikasjonspolitikk
gi innbyggjarane rettleiing og råd i kontakten med offentleg sektor gjennom brukarkontakten og tenestene knytte til Noreg.no og Miside
medverke til at offentleg informasjon vert tilgjengeleg og universelt utforma
Direktoratet for forvaltning og IKT skal vere ein pådrivar i utvikling av leiarar og medarbeidarar i staten
Utvikling av leiarar og medarbeidarar er avgjerande for å sikre ei god utvikling av forvaltninga. Ansvaret for forvaltning og utvikling av dei tilsette ligg i den einskilde verksemda. Direktoratet skal vere pådrivar og støtte for departement, direktorat og andre statlege verksemder i arbeidet deira med å utvikle dei tilsette ved å gi kunnskap og formidle røynsler. Direktoratet skal òg utfordre etablert praksis gjennom analysar og ved å trekkje fram døme på interessante arbeidsformer og metodar for kompetanseutvikling.
Direktoratet skal i 2009:
forvalte og gjennomføre tiltak på grunnlag av ny plattform for leiing i staten
gjennomføre einskilde større prosjekt knytte til mål om mangfald og inkluderande arbeidsliv i staten
gjennomføre tiltak som sikrar solid felles kompetanse og forankring av felles verdiar i staten gjennom kurs og andre aktivitetar
gjennomføre tiltak overfor statlege leiarar på ulike nivå for å vidareutvikle leiarkompetansen
hjelpe til med informasjonsgrunnlag for rapporteringar på område som inkluderande arbeidsliv i staten og i arbeidet mot diskriminering i arbeidslivet
Direktoratet for forvaltning og IKT skal leggje til rette for koordinert, brukarretta og kostnadseffektiv IKT-bruk i offentleg sektor
IKT er eit viktig verkemiddel for å nå målet om ei samordna forvaltning som er kjenneteikna av kvalitet, effektivitet, brukarretting, openheit, medverknad og rettstryggleik. I St.meld. nr. 17 (2006–2007) «Eit informasjonssamfunn for alle» er det varsla ei sterkare samordning og styring av IKT i offentleg sektor.
Direktoratet skal ha ei sentral rolle i å medverke til god utnytting av IKT i forvaltninga og til effektiv elektronisk samhandling med innbyggjarar, næringsliv og internt i forvaltninga. Direktoratet skal vere ansvarleg for å utvikle og gjennomføre viktige IKT-prosjekt, og for å gi departementet faglege innspel til strategiutvikling og politikkutforming.
Direktoratet skal i 2009:
forvalte og vidareutvikle portalane Noreg.no. og Miside
vidareføre arbeidet med å etablere nye og vidareutvikle noverande fellesløysingar og felleskomponentar, og stimulere til at verksemdene utviklar ein IKT-arkitektur som gir grunnlag for elektronisk samhandling på tvers av sektorar
vidareføre arbeidet med informasjonstryggleik for å støtte opp om sikker eForvaltning
vere sekretariat for Standardiseringsrådet og hjelpe til med mellom anna å utarbeide rettleiingsmateriale til referansekatalogen over forvaltningsstandardar
ha ei sentral rolle i Noregs deltaking i internasjonalt samarbeid overfor EU på IKT-området
forvalte Offentleg elektronisk postjournal og den historiske basen Elektronisk postjournal
arbeide med utvikling av IKT-standard for universell utforming
gjennomføre analysar og utgreiingar innanfor IKT-området
Direktoratet for forvaltning og IKT skal etablere og drive ein felles infrastruktur for eID i offentleg sektor
Etablering av ein robust og framtidsretta infrastruktur på eID-området fell saman med arbeidet med å realisere ei elektronisk forvaltning i samsvar med St.meld. nr. 17 (2006–2007). eID er naudsynt for at offentleg sektor i stor skala skal kunne leggje om tenesteytinga frå papirbaserte til elektroniske kanalar og utvikle meir avanserte tenester. Innbyggjarane skal kunne logge seg på offentlege tenester med same elektroniske identifikasjon uavhengig av kor tenestene kjem frå. Vidare kan eID og e-signatur opne opp for papirlaus kommunikasjon internt i staten. Desse tiltaka vil byggje opp under utviklinga av elektronisk forvaltning, som er eit av regjeringas viktigaste tiltak for fornying av offentleg sektor.
Direktoratet skal i 2009:
utvikle eit opplegg for distribusjon av ein felles offentleg eID på mellomhøgt tryggleiksnivå til innbyggjarane. Eit tilbod om slik eID skal vere på plass i løpet av 2009. Det vert tatt sikte på å samarbeide med Skattedirektoratet om denne oppgåva
vidareutvikle og drifte eit samtrafikknav for eID som kan stadfeste felles offentleg eID og aktuelle eID frå marknaden som oppfyller offentlege krav til tryggleik. Samtrafikknavet skal òg tilby felles pålogging til fleire tenester. Navet vil bli utvida med ein stadfestingsfunksjon for eID frå nasjonalt ID-kort når dette er på plass. Ein første versjon av den felles infrastrukturen for eID skal vere tilgjengeleg i løpet av 2009. Direktoratet vil òg førebu ei samordna innføring av eID på høgt tryggleiksnivå
vidareutvikle og oppdatere Kravspesifikasjon for PKI i offentleg sektor med tanke på å styrkje tryggleiken til eID til bruk i det offentlege. Likeeins skal Direktoratet vidareutvikle og halde vedlike kravspesifikasjonar for eID på andre tryggleiksnivå
drive rådgiving og kompetansetiltak om innføring og bruk av eID for offentlege etatar som tilbyr tenester på nett til innbyggjarane eller næringslivet
Direktoratet for forvaltning og IKT skal leggje til rette for samfunnsnyttige, kostnadseffektive og kvalitetsretta innkjøp
Direktoratet skal medverke til auka verdiskaping gjennom mest mogeleg effektiv ressursbruk ved offentlege innkjøp. Direktoratet skal òg medverke til at offentlege innkjøp skjer på ein ryddig og samfunnstenleg måte, og arbeide for at miljøbelastninga knytt til offentlege innkjøp vert minimert. Gjennom arbeidet med innføring av heilskaplege elektroniske innkjøpsprosessar i offentleg sektor vil direktoratet medverke til betre, enklare og sikrare offentlege innkjøp.
Direktoratet skal i 2009:
leggje til rette for at offentlege innkjøparar har føremålstenlege innkjøpsprosessar
utvikle og vedlikehalde rettleiingstilbod og verktøy som kan gjere innkjøpsprosessen betre, enklare og sikrare
forvalte og vidareutvikle gjeldande tenestetilbod på Ehandel.no og Doffin
leggje til rette for auka bruk av elektroniske verktøy ved offentlege innkjøp
hjelpe departementet i politikkutforming om offentlege innkjøp
leie PEPPOL-prosjektet om tilrettelegging for offentlege innkjøp på tvers av landegrenser i tråd med avtale med EU
følgje opp Regjeringa sin handlingsplan for miljø- og samfunnsansvar i offentlege innkjøp
styrkje det nettbaserte rettleiingstilbodet om offentlege innkjøp
Budsjett 2009
Post 01 Driftsutgifter
Posten skal mellom anna dekkje lønns- og driftsutgifter, kurs- og kompetansetiltak, områdegjennomgangar og prioriterte prosjekt som vert fastsette i tildelingsbrev. Det er òg lagt inn 3 mill. kroner knytte til internasjonalt samarbeid innan forvaltningsutvikling og institusjonsbygging i samarbeid med Utanriksdepartementet og Norad. Kostnadene vert dekte ved tilsvarande inntekter under ny inntektspost 04 Internasjonale oppdrag.
Post 21 Spesielle driftsutgifter, kan overførast
Posten dekkjer mellom anna IKT-prosjekta i direktoratet, driftsutgifter knytte opp mot Ehandelsekretariatet og EU-prosjektet Pan-European Public Procurement Online (PEPPOL).
Post 22 Miside, kan overførast
Posten dekkjer utgifter knytte til forvaltning og vidareutvikling av Miside.
Post 23 Elektronisk ID, kan overførast (ny)
Posten skal dekkje utgiftene til arbeidet med å innføre og ta i bruk eID på eit samordna vis i offentleg sektor. Posten skal nyttast til å vidareutvikle samtrafikknavet for eID og utvikle eit opplegg for distribusjon av ein felles offentleg eID på mellomhøgt tryggleiksnivå til innbyggjarane, og i tillegg førebu ei samordna innføring av eID på høgt tryggleiksnivå. Posten skal òg nyttast til å vidareutvikle og oppdatere «Kravspesifikasjon for PKI i offentleg sektor» og utvikle nye felles kravspesifikasjonar. Posten skal òg dekkje rådgiving og kompetansetiltak om innføring og bruk av eID for offentlege etatar som tilbyr tenester på nett til innbyggjarane eller næringslivet.
Kap. 4521 Direktoratet for forvaltning og IKT
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2007 | Saldert budsjett 2008 | Forslag 2009 |
01 | Salg av informasjonstjenester | 22 | ||
02 | Andre inntekter | 5 000 | ||
03 | Diverse inntekter | 4 620 | ||
04 | Internasjonale oppdrag | 3 000 | ||
Sum kap. 4521 | 5 022 | 7 620 |
Post 01 Sal av informasjonstenester
Sal av informasjonstenester vert frå og med 2009 budsjettert under post 03 Diverse inntekter.
Post 02 Andre inntekter
Kurs- og kompetansetiltaka skal underbyggje hovudmåla for direktoratet, og er som hovudregel dekte gjennom ordinær rammefinansiering. Direktoratet kan likevel krevje inn dekking av reise og opphaldsutgifter. Dekking av verksemda sine kostnader knytte til store konferansar og liknande kan førast under posten.
Post 03 Diverse inntekter
Direktoratet for forvaltning og IKT er prosjektkoordinator for EU-prosjektet Pan-European Public Procurement Online (PEPPOL). Direktoratet skal mellom anna fordele og refundere midlar som deltakarlanda har nytta i prosjektdeltakinga. Det er budsjettert med 4,5 mill. kroner i utgifter under post 21 Spesielle driftsutgifter og tilsvarande inntekter under post 03. Inntekter frå sal av informasjonstenester er budsjetterte med 0,1 mill. kroner.
Post 04 Internasjonale oppdrag (ny)
Forslaget er knytt til direktoratet sitt arbeid med internasjonalt samarbeid innan forvaltningsutvikling og institusjonsbygging i samarbeid med Utanriksdepartementet og Norad, i tillegg til assistanse til dei andre departementa og direktorata sitt internasjonale arbeid. Samla utgifter i direktoratet til internasjonale oppdrag skal ikkje overstige inntektene under denne posten.
Kap. 1522 Servicesenteret for departementa
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2007 | Saldert budsjett 2008 | Forslag 2009 |
01 | Driftsutgifter | 368 551 | 318 840 | 339 366 |
21 | Spesielle driftsutgifter | 9 133 | ||
22 | Fellesutgifter for R-kvartalet | 72 931 | 77 119 | 80 512 |
45 | Større utstyrsinnkjøp og vedlikehald, kan overførast | 18 748 | 40 288 | 36 054 |
Sum kap. 1522 | 469 363 | 436 247 | 455 932 |
Allmenn omtale
Det overordna målet til Servicesenteret for departementa er å levere føremålstenlege og kostnadseffektive fellestenester til Statsministerens kontor og departementa. Verksemda utfører eit mangfald av oppgåver, mellom anna:
teknisk og fysisk trygging av typen tilgangskontroll og vakt- og resepsjonsteneste
sentralbord og basis infrastruktur for datanettverk og telefoni
utvikling og drift av regjeringa.no, dessutan interne web-tenester
IKT (inkludert tryggleik)
økonomitenester
reinhald, intern postfordeling og kopiteneste
produksjon og utsending av publikasjonar i tråd med designprogrammet for departementa
bedriftshelseteneste
fellesbibliotek
Servicesenteret for departementa legg stor vekt på brukarorientering og kvalitetsutvikling på alle tenesteområda, og det vert regelmessig gjennomført brukarundersøkingar og referansemålingar. Vidare legg verksemda stor vekt på å ha eit kompetent fagmiljø på sine tenesteområde.
Fornyings- og administrasjonsdepartementet legg til rette for at departementa gjennom brukarrådet kan drøfte generelle og konkrete saker som er viktige for tenesteytinga. Brukarrådet skal vidare hjelpe til med strategiar for standardisering og samordning av administrative fellestenester i departementsfellesskapet og medverke til at tenestene er kostnadseffektive og har tilfredsstillande kvalitet.
Finansieringsmodellen til Servicesenteret for departementa er ei blanding av brukar- og løyvingsfinansiering. Hovuddelen er finansiert gjennom løyvinga. Det har vore gjennomført eit arbeid for å få på plass ein ny finansieringsmodell som skal sørgje for ei effektiv styring og bruk av ressursane. Den nye modellen skal nyttast frå 2009 og inneber at ein endå større del av tenestene vert finansiert gjennom løyvinga. Verksemda sine tenester har vorte delt inn i standardytingar og tilleggsytingar der berre tilleggsytingane skal vere brukarbetalte.
Rapport 2007
I 2007 var det ei prioritert oppgåve å arbeide vidare med å styrkje brukarorienteringa og kvalitetsutviklinga på dei ulike tenesteområda. I tillegg har det vore ei viktig oppgåve å fase inn systema til departementa i eit nytt driftsmiljø.
Servicesenteret for departementa har i samarbeid med departementa etablert ein ny struktur for kunde- og brukarfora
Servicesenteret for departementa gjennomførte ei referansemåling innan økonomitenester. Referansemålinga gav innspel til forbetringar på lønns- og rekneskapsområdet. Mellom anna kom det fram at handtering av reiserekningar hadde eit effektivitetspotensial
hausten 2007 vart det gjennomført ei stor brukarundersøking. Føremålet var mellom anna å avdekkje oppfatningane til dei tilsette i departementa på ulike tenesteområde, slik at verksemda kan få innspel til forbetringar. I tillegg nyttar verksemda resultata frå undersøkingane til å vidareutvikle fellestenestene. Målinga i 2007 viste at brukarane stort sett var nøgde
etableringa av ei felles departementsplattform har kravd noko meir ressursar enn det ein tidlegare gjekk ut frå. Det har vore nokre forseinkingar, men departementa vert no fasa inn på den nye IKT tenesta i tråd med fastlagde planar. Prosjektet vert endeleg avslutta i første kvartal 2009
I perioden har følgjande fellestenester stått i fokus:
nivået på vakthald og tryggleik har vore i samsvar med dei gjeldande trusselvurderingane, irekna IKT-tryggleik der ei ny elektronisk teneste for handsaming av gradert informasjon vart ferdigutvikla
innan IKT vert det i større grad enn tidlegare satsa på systemutvikling og standardisering. Det gjeld både IKT-infrastruktur og sluttbrukartenester. I samband med IKT-prosjektet er det oppretta ei standardplattform for departementa
verksemda har i samarbeid med brukarane vurdert framtidig trong for system på lønns- og personalområdet. I den samanheng vart det rådd til å gå vidare med ei ny løysing for elektronisk sakshandsaming av reiserekningar
Servicesenteret for departementa har arbeidd vidare med å gjere regjeringa.no endå meir tilgjengeleg for brukarane. Mellom anna vert det satsa på lyd og visuell design. Det er utvikla ny felles plattform for interne webløysingar
Mål og prioriteringar 2009
Servicesenteret for departementa er organisert slik at tenesteleveransane er delte inn i fem hovudområde: IKT, sikring og trygging, kontortenester, informasjonsforvaltning og fellestenester.
Ei oppgåve for Servicesenteret for departementa er å styrkje støttefunksjonane til Statsministerens kontor og departementa. I 2009 skal verksemda prioritere:
utforme ein strategi for basistenester innan IKT
setje i drift ein ny telefonsentral
tilby ei ny løysing for elektronisk arkiv- og sakshandsamingssystem
tilby ei ny løysing for elektronisk sakshandsaming av reiserekningar
vidareutvikle regjeringa.no, med særskild vekt på video og interaktive tenester
vidareutvikle felles interne webløysingar for departementa
skaffe eit nytt sikringsanlegg og tilgangskontrollsystem. Etter planane skal det innan 2010 gjerast ei komplett utskifting av dagens system for kontroll av tilgangen i regjeringskvartalet, Miljøverndepartementet, Utanriksdepartementet og Statsministerbustaden
vidareutvikle opplegg for referansemålingar på aktuelle tenesteområde og gjere styringsinformasjon enklare og meir tilgjengeleg for brukarane
Vidareutvikling av regjeringa.no
Regjeringa.no skal styrkjast som den offisielle hovudkanalen på Internett for kommunikasjon mellom befolkninga og Regjeringa. Det er viktig å utvikle vidare dialogen med innbyggjarane ved å ta i bruk dei løysingane som dagens teknologi tilbyr. Det er særleg trong for vidareutvikling av nettstaden med betre løysingar for video, bilete og lyd.
DepSak II - Ny løysing for elektronisk sakshandsaming
Departementa har i dag valt ulike løysingar for elektronisk sakshandsaming. Siktemålet er å få eit felles system som alle departementa kan bruke og som kan leggje til rette for ytterlegare grad av elektronisk sakshandsaming mellom departementa. I spesifikasjonen for ei ny løysing er krav om opne standardar innarbeidd der det er mogleg.
Det statlege servicesenteret i Engerdal
Servicesenteret for departementa skal leggje til rette for pålitelege og kostnadseffektive tenester ved Det statlege servicesenteret i Engerdal. Ti statlege verksemder nyttar no servicesenteret.
Miljø
Før sommaren 2008 ferdigstilte Servicesenteret for departementa eit prosjekt som legg til rette for at arbeidet med miljøleiing vert integrert i HMS-arbeidet.
Servicesenteret for departementa arbeider for minst mogeleg klimabelastning. Dette skjer mellom anna gjennom
å utøve pådrivarrolle for meir miljøvennleg drift i departementa
aukande satsing på elektronisk publisering
utvikle systema for web-kommunikasjon og elektronisk sakshandsaming
auke bruken av videokonferansar
betre kjeldesortering
styrkje verksemda sitt system for miljøleiing
Budsjett 2009
Post 01 Driftsutgifter
Løyvinga dekkjer mellom anna utgifter til løn og drift av verksemda. Posten utgjer òg alle utgifter til prisa tenester og løyvingsfinansierte tenester. Inntekter frå dei prisa tenestene vert førte på kap. 4522 post 06.
Per 01.03.2008 hadde verksemda 480 årsverk.
Post 22 Fellesutgifter for R-kvartalet
Løyvinga dekkjer fellesutgifter for Regjeringskvartalet, medrekna husleige for fellesareal og statsforvaltninga sin avtale med Kopinor samt drifts- og utviklingskostnader knytte til regjeringa.no.
Post 45 Større utstyrsinnkjøp og vedlikehald, kan overførast
Løyvinga på posten dekkjer mellom anna ny telefonsentral og sikringsanlegg. Telefonsentralen vert skaffa i budsjetterminen, mens sikringsanlegget etter planen skal sluttførast i 2010. I tillegg er det på posten avsett 5 mill. kroner til å dekkje vidareutvikling av regjeringa.no og 4 mill. kroner til å dekkje ny løysing for elektronisk sakshandsaming.
Kap. 4522 Servicesenteret for departementa
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2007 | Saldert budsjett 2008 | Forslag 2009 |
02 | Diverse inntekter | 4 205 | 2 469 | 2 578 |
06 | Brukarfinansierte tenester | 167 324 | 131 701 | 86 833 |
07 | Parkeringsinntekter | 1 365 | 1 414 | 1 476 |
15 | Refusjon arbeidsmarknadstiltak | 75 | ||
16 | Refusjon av fødselspengar/adopsjonspengar | 2 046 | ||
18 | Refusjon sjukepengar | 7 437 | ||
Sum kap. 4522 | 182 452 | 135 584 | 90 887 |
Post 02 Diverse inntekter
På posten vert det ført inntekter frå publikasjonar og vederlag for drift av Akademika.
Post 06 Brukarfinansierte tenester
På posten vert det ført brukarbetaling for tilleggsytingar til departementa og Statsministerens kontor. Som følgje av den nye finansieringsmodellen er post 06 redusert med om lag 50,7 mill. kroner.
Post 07 Parkeringsinntekter
På posten vert det ført inntekter frå avgift på parkeringsplassar i Regjeringskvartalet.
Kap. 1523 Tilskott til kompetanseutvikling
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2007 | Saldert budsjett 2008 | Forslag 2009 |
70 | Tilskott, kan overførast | 18 292 | 20 000 | 14 000 |
Sum kap. 1523 | 18 292 | 20 000 | 14 000 |
Allmenn omtale
Staten og hovudsamanslutningane sette i lønnsoppgjeret 2008 av til saman 28 mill. kroner til kompetanseutvikling for tariffperioden, jf. Hovudtariffavtalen i staten og St.prp. nr. 68 (2007–2008).
Avsetninga er følgd opp med ei løyving på 14 mill. kroner i 2008 og framlegg om 14 mill. kroner i 2009.
Rapport 2007
Dei avsette midlane frå førre tariffperiode er fordelte etter utlysing til ei rekkje prosjekt i ulike statlege verksemder, og til felles opplærings- og utviklingstiltak.
Mål og prioriteringar 2009
Av midlane er det sett av 25 mill. kroner til å stimulere til forsøks- og utviklingsprosjekt med ulike kompetansetiltak retta mot større mangfald og oppfølging av intensjonsavtalen om eit inkluderande arbeidsliv og betre nyttiggjering av kompetansen til personar med etnisk minoritetsbakgrunn. I tillegg kjem organisasjons- og leiarutvikling, metodar og verktøy for kompetanse- og karriereutvikling og kompetanseutvikling for å hindre utstøyting mellom anna ved omstillingar.
Det er sett av 3 mill. kroner til vidareføring av felles opplærings- og utviklingstiltak i samarbeidskompetanse og medverknad for leiing og tillitsvalde, med særleg utgangspunkt i Hovudavtalen og Hovudtariffavtalen i staten.
Departementet og hovudsamanslutningane fastset retningsliner for avsetninga.
Programkategori 01.30 Partistøtte
Kap. 1530 Tilskot til dei politiske partia
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2007 | Saldert budsjett 2008 | Forslag 2009 |
01 | Driftsutgifter | 253 | 960 | 990 |
70 | Tilskot til dei politiske partia sine sentrale organisasjonar | 197 257 | 211 200 | 220 493 |
71 | Tilskot til dei politiske partia sine kommunale organisasjonar | 24 361 | 27 457 | 28 665 |
73 | Tilskot til dei politiske partia sine fylkesorganisasjonar | 58 602 | 59 970 | 62 609 |
75 | Tilskot til partia sine fylkesungdomsorganisasjoner | 16 556 | 17 047 | 17 797 |
76 | Tilskot til dei politiske partia sine sentrale ungdomsorganisasjonar | 6 051 | 6 369 | 6 649 |
Sum kap. 1530 | 303 080 | 323 003 | 337 203 |
Allmenn omtale
Lov om visse forhold vedrørende de politiske partiene (partiloven) og tilhøyrande føresegner
Partilova (lov 17.6.2005 nr. 102) trådde i kraft 01.01.2006. Dei administrative oppgåvene i tilknyting til lova ligg til Fornyings- og administrasjonsdepartementet og fylkesmennene. Statistisk sentralbyrå skal hente inn, stille saman og offentleggjere informasjon om partia sine inntekter.
Departementet har med grunnlag i partilova § 9, § 22 tredje ledd og § 27 fastsett «Forskrift om visse forhold vedrørende de politiske partiene (Partilovforskriften – FOR-2006-03-16-321)». Føresegnene har reglar om registrering av politiske parti, innrapportering av partiinntekter, tilbakehalding av partistøtte og dessutan reglar om Partilovnemnda.
Departementet har skipa eit eige domene (partifinansiering.no) for offentleggjering av inntektsrekneskap. Websida vert drifta av Statistisk Sentralbyrå.
Elektronisk system for handtering av søknader
Departementet har i samband med Statistisk sentralbyrå og Fylkesmannen i Sogn og Fjordane skipa eit prosjekt for å utvikle ei elektronisk søknads- og rapporteringsordning for alle registrerte politiske parti og partilag. Systemet vart teke i bruk 01.01.2008 og gjer det enklare for partia å søkje om stønad. Systemet har òg gjort administreringa av partilova meir effektiv for fylkesmannsembeta, Statistisk Sentralbyrå og departementet. Systemet vert ført vidare i 2009 og vil bli utvida til òg å omfatte stortingspartia og dei sentrale ungdomsorganisasjonane.
Partilovnemndas handheving av partilova
Partilovnemnda har for 2007 lagt til grunn ei streng handheving av partia si plikt til å innrapportere inntektsrekneskap etter kap. 4 i partilova. Nemnda har i om lag 120 tilfelle halde tilbake stønad for eit år der rapporteringa ikkje har vore i samsvar med lova.
Europarådet si evaluering av den norske partifinansieringa
GRECO (Group of States against Corruption) vart etablert i 1999 som ein internasjonal samarbeidsavtale og eit verktøy for oppfølging under Europarådet. GRECO skal styrkje medlemslanda si evne til å kjempe mot korrupsjon gjennom oppsyn med og oppfølging av at medlemslanda set i verk dei rettslege instrumenta. Dei aller fleste landa i Europa tek del i GRECO-samarbeidet. USA er òg med i dette samarbeidet. Noreg har vore medlem av GRECO sidan 2001. Medlemskapen inneber ei plikt til å delta i evalueringa av medlemslanda og å la seg evaluere på det strafferettslege så vel som det sivilrettslege området.
Frå 01.01.2007 sette GRECO i gang ein tredje evalueringsrunde som dekkjer regulering av openheit rundt finansiering av politiske parti, med referanse til Ministerkomiteens rekommandasjon 2003/4.«Felles reglar mot korrupsjon i finansieringa av dei politiske partia og valkampanjar». Noreg skal evaluerast hausten 2008. Evalueringane munnar ut i ein rapport som skal handsamast og vedtakast i plenumsmøte i GRECO. Her kan det verte gitt tilrådingar om nye tiltak til medlemslandet. Tilrådingar må følgjast opp, og medlemslandet må rapportere tilbake til GRECO innan ein gitt dato om kva som er gjort for å følgje opp tilrådingane.
Informasjon om GRECO finn ein på: http://www.coe.int/t/dg1/Greco/Default_en.asp
Budsjett 2009
All statleg partistøtte vert løyvd over kap. 1530. Stønaden til folkevalde organ på lokalt og regionalt plan har sidan 01.01.2006 gått inn i rammetilskotet til kommunane og fylkeskommunane.
Post 01 Driftsutgifter
Posten dekkjer mellom anna utgifter til drift av Partilovnemnda, den elektroniske søknadsordninga (Fylkesmannen i Sogn og Fjordane) og Partiregisteret (Brønnøysund).
Post 70 Tilskot til dei politiske partia sine sentrale organisasjonar
Løyvinga er, som tidlegare, øyremerkt registrerte politiske parti og er delt mellom underpostane 1 Stemmestønad (9/10) og 2 Grunnstønad (1/ 10).
Underpost 1 Stemmestønad
Stemmestønad vert fordelt som ein fast sats per stemme rekna ut på grunnlag av dei årlege løyvingane og resultatet frå siste stortingsval.
Underpost 2 Grunnstønad
Grunnstønad vert betalt ut til partiet sin hovudorganisasjon dersom partiet fekk minst 2,5 pst. oppslutning på landsbasis eller vann minst éin stortingsrepresentant ved siste stortingsval. Grunnstønad vert fordelt likt mellom desse partia.
Post 71 Tilskot til dei politiske partia sine kommunale organisasjonar
Løyvinga er, som tidlegare, øyremerkt registrerte politiske parti og vert delt mellom underpostane 1 Stemmestønad (9/10) og 2 Grunnstønad (1/10). Det er eit krav om at kommunepartia må ha ein organisasjon i den respektive kommunen for å få stemmestønad og grunnstønad. Fylkesmannen gjer utbetalingane.
Underpost 1 Stemmestønad
Stemmestønad vert betalt ut frå første stemme utan sperregrense. Satsen vert rekna ut på grunnlag av dei årlege løyvingane og resultatet frå siste kommunestyreval.
Underpost 2 Grunnstønad
Grunnstønad vert løyvd til partia sine kommuneorganisasjonar dersom partiet fekk minst 4,0 pst. oppslutning i kommunen eller vann minst éin representant ved kommunestyrevalet. Grunnstønad vert fordelt likt mellom desse partia.
Post 73 Tilskot til dei politiske partia sine fylkesorganisasjonar
Løyvinga er, som tidlegare, øyremerkt registrerte politiske parti og vert delt mellom underpostane 1 Stemmestønad (9/10) og 2 Grunnstønad (1/10). Det er eit krav om at fylkespartia må ha ein organisasjon i gjeldande fylke for å få stemmestønad og grunnstønad. Fylkesmannen gjer utbetalingane.
Underpost 1 Stemmestønad
Stemmestønad vert betalt ut frå første stemme utan sperregrense. Satsen vert rekna ut på grunnlag av dei årlege løyvingane og resultatet frå siste fylkestingsval.
Underpost 2 Grunnstønad
Grunnstønad vert løyvd til partia sine fylkesorganisasjonar dersom partiet fekk minst 4,0 pst. oppslutning i kommunen eller vann minst éin representant ved fylkestingsvalet. Grunnstønad vert fordelt likt mellom desse partia.
Post 75 Tilskot til dei politiske partia sine fylkesungdomsorganisasjonar
Løyvinga vert delt i samsvar med morpartiet sin del av det totale talet på stemmer som gjekk til parti med fylkesungdomsorganisasjon. Fylkesmannen gjer utbetalingane.
Post 76 Tilskot til dei politiske partia sine sentrale ungdomsorganisasjonar
Løyvinga vert delt i samsvar med morpartiet sin del av det totale talet på stemmer som gjekk til parti med sentral ungdomsorganisasjon. Departementet gjer utbetalingane.
Programkategori 01.40 Pensjonar m.m.
Utgifter under programkategori 01.40 fordelte på kapittel
(i 1 000 kr) | |||||
---|---|---|---|---|---|
Kap. | Nemning | Rekneskap 2007 | Saldert budsjett 2008 | Forslag 2009 | Pst. endr. 08/09 |
1541 | Pensjonar av statskassa | 22 349 | 23 800 | 21 700 | -8,8 |
1542 | Tilskot til Statens Pensjonskasse | 7 837 849 | 9 443 000 | 8 357 000 | -11,5 |
1543 | Arbeidsgivaravgift til folketrygda | 823 000 | 852 000 | 921 000 | 8,1 |
1544 | Bustadlåneordninga i Statens Pensjonskasse | 2 989 429 | 1 300 000 | 3 400 000 | 161,5 |
1546 | Yrkesskadeforsikring | 79 743 | 85 000 | 94 000 | 10,6 |
1547 | Gruppelivsforsikring | 84 327 | 84 000 | 126 000 | 50,0 |
2470 | Statens Pensjonskasse | 3 099 | 31 465 | 315 910 | 904,0 |
Sum kategori 01.40 | 11 839 796 | 11 819 265 | 13 235 610 | 12,0 |
Inntekter under programkategori 01.40 fordelte på kapittel
(i 1 000 kr) | |||||
---|---|---|---|---|---|
Kap. | Nemning | Rekneskap 2007 | Saldert budsjett 2008 | Forslag 2009 | Pst. endr. 08/09 |
4546 | Yrkesskadeforsikring | 126 488 | 116 000 | 127 000 | 9,5 |
4547 | Gruppelivsforsikring | 46 497 | 43 000 | 47 000 | 9,3 |
5470 | Statens Pensjonskasse | 40 898 | 17 059 | 17 059 | 0,0 |
5607 | Renter av bustadlåneordninga i Statens Pensjonskasse | 643 701 | 772 000 | 1 223 000 | 58,4 |
Sum kategori 01.40 | 857 584 | 948 059 | 1 414 059 | 49,2 |
Allmenn omtale
Kategorien omhandlar både den administrative drifta av Statens Pensjonskasse og dei ytingane som ordningane til Statens Pensjonskasse gir rett til. Statens Pensjonskasse forvaltar Noregs største tenestepensjonsordning, og er ein statsgarantert pensjonskasse. Dette gir staten ansvaret for å finansiere dei pensjonane som vert tente opp. Verdien av desse rettane er om lag 300 mrd. kroner.
Medlemer og regelverk
Staten har sidan 1917 hatt ei lovheimla tenestepensjonsordning for sine embets- og tenestemenn og for skuleverket. Per 31.12.2007 var om lag 970 000 medlemer knytte til pensjonsordningane som Statens Pensjonskasse administrerer. Av desse er det om lag 230 000 pensjonistar og 290 000 yrkesaktive medlemer, mens 450 000 har rett til såkalla oppsett pensjon, dvs. at dei tidlegare har opparbeidd pensjonsrettar i Statens Pensjonskasse, men at dei for tida ikkje er tilsette i ei medlemsverksemd.
Medlemskap er obligatorisk for statstilsette (tilsette i staten som juridisk eining), som utgjer om lag halvparten av dei 290 000 yrkesaktive medlemene. Dei yrkesaktive medlemene kan delast inn i fire hovudgrupper med omsyn til arbeidsgivar:
statsforvaltninga, Stortingets organ og domstolane (51 pst.)
skuleverket i kommunal og fylkeskommunal sektor (36 pst.)
selskap/føretak (9 pst.)
stiftingar/organisasjonar mv. (4 pst.)
Ytingane frå Statens Pensjonskasse omfattar:
alderspensjon
uførepensjon
enkje- og enkjemannspensjon
barnepensjon
I tillegg administrerer Statens Pensjonskasse:
gruppelivsforsikring
erstatning ved yrkesskade
vartpengar
pensjonar av statskassen
førtidspensjon
avtalefesta pensjon (AFP)
bustadlån
Statens Pensjonskasse administrerer òg eigne pensjonsordningar for mellom anna apotekverksemd, statsrådar, stortingsrepresentantar, kunstnarleg personale ved Den norske opera og følgjepersonar i utanrikstenesta.
Pensjonsytingane vert samordna med ytingane frå folketrygda og andre offentlege tenestepensjonsordningar. Samordninga med dei andre offentlege tenestepensjonsordningane skjer gjennom Overføringsavtalen. Overføringsavtalen er inngått mellom Statens Pensjonskasse og andre leverandørar av offentlege tenestepensjonsordningar i kommunale pensjonskassar, livforsikringsselskap og lovfesta pensjonsordningar, og skal sikre at medlemene sin pensjon ikkje vert påverka når dei skiftar arbeidsgivar i offentleg sektor. Overføringsavtalen stiller mellom anna krav om at det skal vere eit felles pensjonsprodukt, og at pensjonane skal regulerast på same måten som i Statens Pensjonskasse. Dette sikrar dei tilsette årleg regulering av opptente pensjonsrettar òg etter eit skifte frå statleg til privat sektor. Statens Pensjonskasse er koordinerande organ for Overføringsavtalen, og handhevar mellom anna regelverket for oppgjer mellom pensjonsordningane.
Premiebetaling i Statens Pensjonskasse
Hovudprinsippet for dei statlege verksemdene er at det ikkje vert betalt pensjonspremie. For om lag 3 av 5 statstilsette vert det ikkje betalt premie. Som hovudprinsipp betaler nettobudsjetterte statlege verksemder premie, medan dei bruttobudsjetterte ikkje betaler premie. Blant dei ikkje-statlege medlemsverksemdene er premiebetaling eit hovudprinsipp. Ei rekkje ideelle organisasjonar, religiøse organisasjonar og arbeidslivorganisasjonar utgjer likevel eit unntak frå hovudregelen, då dei berre betaler medlemsinnskot.
Samla sett vert det ikkje betalt premie (korkje arbeidsgivarpremie eller medlemsinnskot) for om lag 28 pst. av dei yrkesaktive medlemene. Dei resterande 72 pst. som det vert betalt premie for, kan delast inn i fire hovudkategoriar:
berre medlemsavgift (1,5 pst.)
berre medlemsavgift og AFP-ordning (0,5 pst.)
full premiebetaling utan bruk av fiktive fond/forsikringstekniske oppgjer (58,5 pst.). Gruppebasert oppfølging som hovudprinsipp
full premiebetaling med bruk av fiktive fond/forsikringstekniske oppgjer (11,5 pst.). Individuell oppfølging
Oppfølging med bruk av fiktive fond inneber at ein simulerer avsetning av pensjonsmidlar. Bakgrunnen for denne ordninga er ønsket om å kunne få ei mest mogleg korrekt aktuariell premieoppfølging av medlemsverksemdene, slik at desse til kvar tid betaler det pensjonsordninga kostar. Ei slik målsetjing er mellom anna uttrykt i St.meld. nr. 33 (1993–1994) «Om medlemskap i Statens Pensjonskasse», jf. Innst. S. nr. 159 (1993–1994). Ordninga mogleggjer at Statens Pensjonskasse kan gjere forsikringstekniske oppgjer.
Ordninga med fiktive fond har til no berre vert nytta til å følgje opp om lag 100 verksemder. Dette skuldast mellom anna at det er meir ressurskrevjande å følgje opp verksemdene med slike fond. Ein har derfor mellom anna prioritert denne typen oppfølging særskilt der dette har vore sett på som viktig ut frå konkurranseomsyn. Den nye forsikringstekniske systemløysinga til Statens Pensjonskasse (jf. omtale nedanfor) gjer det mogleg med ei meir effektiv og automatisert oppfølging av dei fiktive fonda. Departementet vil derfor vurdere nærmare om fleire premiebetalande verksemder bør følgjast opp på denne måten i framtida. I denne samanhang vil departementet òg vurdere ei eventuell endring av avkastningsmodellen.
Det nye forsikringstekniske systemet gjer det òg mogleg å følgje opp verksemdene på andre måtar enn tidlegare. Fram til no har ein berre nytta premiar som er fastsette på førehand, men frå 2009 vert det lagt opp til å innføre såkalla hendingsbaserte premiar for alle aksjeselskap som har eigne fiktive fond, jf. omtale nedanfor. Departementet vil vurdere nærmare om bruken av hendingsbasert premie bør utvidast òg til andre medlemsverksemder.
Hovudutfordringar og utviklingstrekk
Statens Pensjonskasse vil få ein markert auke i arbeidsmengda framover. Det er to hovudårsaker til dette:
pensjonsreforma og Statens Pensjonskasse sitt arbeid med å tilpasse system og prosessar til det nye regelverket vil gi store investeringskostnader og driftskostnader for at Statens Pensjonskasse skal kunne halde fram med å utbetale rett pensjon til rett tid
talet på pensjonar vil auke frå om lag 230 000 til om lag 310 000 i løpet av dei neste 10 åra
Veksten i talet på pensjonistar
Talet på pensjonistar i Statens Pensjonskasse har auka kraftig frå 1980 og fram til i dag. Veksten vil truleg skyte fart i tida framover. Talet på alderspensjonistar auka frå om lag 50 000 i 1980 til om lag 110 000 i 2007. Som tabellen nedanfor viser, kan talet på alderspensjonistar kome opp i om lag 200 000 i år 2020 og 350 000 i år 2050.
Pensjonsreforma
Stortinget har gjennom vedtak i mai 2005 og april 2007 klargjort hovutrekka i eit nytt pensjonssystem. Alderspensjonen skal framleis vere grunnpilaren i pensjonssystemet. Ny alderspensjon skal sikre ein pensjon rekna ut frå inntekta gjennom heile livet. Samstundes skal alderspensjonen sikre ei minsteinntekt (garantipensjon) i alderdommen for alle.
Stortinget har vedteke at ein kan ta ut fleksibel alderspensjon frå 62 år. Det er òg opna for å kombinere uttak av alderspensjon og arbeid, utan avkorting av pensjonen. Opparbeida pensjonsrettar skal regulerast i tråd med lønene, medan pensjonar under utbetaling skal regulerast med eit gjennomsnitt av løns- og prisveksten. Stortinget har òg vedteke å innføre ei ordning med levealdersjustering i alderspensjonen i folketrygda, som inneber at ein må arbeide noko lengre for same pensjon når levealderen i folkesetnaden aukar.
Arbeids- og inkluderingsdepartementet sende 28. januar 2008 på høyring forslag til ny alderspensjon i folketrygda med utkast til lovføresegner. Arbeids- og inkluderingsdepartementet arbeider med oppfølging av høyringa og tek sikte på i fremje ein lovproposisjon for Stortinget i fjerde kvartal 2008 (jf. omtale i Arbeids- og inkluderingsdepartementets fagproposisjon).
Pensjonsreforma famnar heile pensjonssystemet. Parallelt med utforming av lovreglane for ny alderspensjon i folketrygda må andre delar av pensjonssystemet tilpassast, medrekna folketrygdas ytingar til uføre og etterlatne, tenestepensjonsordningane i privat og offentleg sektor og avtalefesta pensjon (AFP). Arbeidet med utforming av regelverket for ny alderspensjon og relaterte ytingar er svært omfattande og har teke noko lengre tid enn opphavleg rekna med. Det er dessutan viktig at pensjonsleverandørane i både privat og offentleg sektor får tilstrekkeleg tid til administrative førebuingar frå endelege vedtak er fatta til dei nye reglane kan setjast i verk. Desse har i samband med høyringsrunden for ny alderspensjon i folketrygda uttalt at det vil vere vanskeleg å gjennomføre fleksibelt uttak allereie frå 2010.
Det er avgjerande at pensjonane kan utbetalast til rett tid og med korrekt beløp til den enkelte. Regjeringa vil medverke til å sikre at pensjonsreforma vert sett i verk på forsvarleg vis med tilstrekkeleg tid til å gjennomføre dei nye løysingane. Regjeringa vil difor foreslå at iverksettinga av fleksibelt uttak av ny alderspensjon og innføring av ny regulering av laupande pensjonar forskuvast til 2011. Samtidig legg ein opp til å forskuve innføringa av ny regulering av laupande pensjonar til 2011. Laupande pensjonar vil dermed framleis verte regulerte med lønnsvekst fram til 2011. Ein viser til Arbeids- og inkluderingsdepartementet sin fagproposisjon for nærmare omtale av saka.
Endringane i folketrygda som følgje av pensjonsreforma gjer at det er trong for tilpassingar i pensjonsordningane for offentleg tilsette. I årets lønnsoppgjer vart det avtalt at det skal forhandlast om dette i tariffoppgjeret i 2009. Eit partssamansett utval leidd av arbeids- og inkluderingsministeren skal utarbeide eit vedtaksgrunnlag for forhandlingane. Arbeidet inkluderer utgreiing av ei ny tenestepensjonsordning, medrekna korleis uføredekninga i dei offentlege ordningane skal tilpassast dei kommande endringane i folketrygda. Utvalet skal òg greie ut den endelege tilpassinga av den nye AFP-ordninga og vurdere særaldersgrensene i offentleg sektor. Utvalet har fått frist til slutten av februar 2009.
Meirutbetalingar til alderspensjon frå Statens Pensjonskasse ved ei utsetjing av fleksibel alderspensjon i folketrygda er anslått til 48 mill. kroner i 2010 og 68 mill. kroner i 2011. Delar av dette vil verte dekt inn gjennom premiebetaling.
Pensjonsreforma fører til at det må gjerast omfattande endringar i Statens Pensjonskasse sine arbeidsprosessar og pensjonssystem. På same måte som NAV gjennomfører sitt pensjonsprogram, har Statens Pensjonskasse starta opp sitt pensjonsprosjekt (PERFORM). Prosjektet starta opp i fyrste halvdel av 2008. Hovudfokus for PERFORM vil vere å støtte nytt regelverk som følgje av Pensjonsreforma, og å sikre den daglege drifta. Det er løyvd 29,4 mill. kroner spesielt til prosjektet i 2008. For 2009 er løyvingsframlegget på 300 mill. kroner, jf. kap. 2470, post 45.
Ein vesentleg del av dei endringane som må gjerast, skuldast at Statens Pensjonskasse må tilpasse seg systemtekniske endringar som NAV implementerer i sitt pensjonsprogram. Eit eksempel er utbetalingsløysinga. Sidan Statens Pensjonskasse utbetaler pensjonar gjennom NAV, må løysingane hos NAV og Statens Pensjonskasse vere samkjørte.
Statens Pensjonskasse må skifte ut pensjonssystemet sitt for i vere i stand til å halde fram med den daglege drifta og implementere maskinell støtte for endringane i pensjonsreforma. Det må òg gjerast ein del naudsynte endringar i Statens Pensjonskasse sin IT-infrastruktur som følgje av nytt pensjonssystem, irekna produksjons-, drifts-, test- og sikringssystem. Ved ombygging av pensjonssystemet vil det verte lagt vekt på å leggje til rette for digitalisering av arbeidsprosessane, elektronisk utveksling av data med Statens Pensjonskasse sine samarbeidspartnarar, og å tilby fleire og betre elektroniske tenester til Statens Pensjonskasses personlege medlemer og medlemsverksemder. Det er såleis ikkje berre pensjonsreforma i seg sjølv som gjer det naudsynt med ei modernisering av systema.
Departementet har gjennomført ekstern kvalitetssikring (KS2) av prosjektet. Kostnadsramma vert på grunnlag av denne kvalitetssikringa foreslått til 874 mill. kroner i 2009-prisar, jf. forslag til romartalsfullmakt. Styringsramma er på 656 mill. kroner. Fordi ein på dette tidspunkt ikkje veit korleis det konkrete regelverket vil komme til i sjå ut, er uvissa om omfanget stort. Dette vert reflektert i den store uvisseavsetninga (dvs. differansen mellom styringsramma og kostnadsramma, som er på 218 mill. kroner).
Det står att ei rekkje regelverksavklaringar som vil kunne verke inn på kostnadene ved prosjektet. Departementet vil følgje prosjektet tett og vurdere om styringsramma bør oppdaterast når dei endelege vedtaka om regelverket er lagde fram. I denne samanheng vil departementet òg vurdere om det er naudsynt å kome tilbake til Stortinget med forslag til justert kostnadsramme.
Statens Pensjonskasse vil nytte store linjeressursar i prosjektet, og denne kostnaden er òg ein del av prosjektkostnaden. Dette skaper trong for å erstatte dei linjeressursane som vert borte i prosjektperioden. Statens Pensjonskasse må i prosjektperioden medverke i utforminga av nytt regelverk og nye arbeidsprosessar samtidig som denjamlege sakshandsaminga vert utfordrande som følgje av innføring av nytt regelverk. Linjekostnader utgjer om lag 218 mill. kroner av styringsramma på 656 mill. kroner.
Pensjonsreforma og pensjonsprosjektet (PERFORM) vil auke verksemda sine driftskostnader. Statens Pensjonskasse skal i lengre tid handtere to regelverk på ein gong, og kompliserte overgangsordningar. I tillegg vil det verte driftskostnader til dei omfattande systemtekniske endringane som må utførast.
Synleggjering av pensjonskostnader
I Statens Pensjonskasse sin medlemsdatabase finst detaljert informasjon om dei opptente pensjonsrettane til kvart medlem. Det nye systemet for premieutrekning (utrekning av forsikringstekniske avsetningar) som vert implementert av Statens Pensjonskasse, vil kunne gi eit nytt og betre grunnlag for å få fram systematisk kostnadsinformasjon for analyse, planleggings- og styringsmål innanfor statsforvaltninga. Statens Pensjonskasse og Fornyings- og administrasjonsdepartementet greier derfor ut korleis denne typen kostnadsinformasjon kan distribuerast til verksemdene på ein meiningsfylt måte.
Forskrift til § 18 i Lov om Statens Pensjonskasse
Fornyings- og administrasjonsdepartementet sette i 2007 ned ei arbeidsgruppe med deltakarar frå Fornyings- og administrasjonsdepartementet, Finansdepartementet og Statens Pensjonskasse for å utarbeide eit utkast til forskrift til lov om Statens Pensjonskasse § 18. Dette arbeidet er no i sluttfasen, og departementet tek sikte på å sende utkast til forskrift ut på høyring hausten 2008. Bakgrunnen for arbeidet har vore eit ønske om å få på plass eit formelt regelverk knytt til premiebetaling og premieberekning for dei premiebetalande medlemsverksemdene i Statens Pensjonskasse. Forskrifta vil i all hovudsak vere ei formalisering av gjeldande praksis på dette området i Statens Pensjonskasse.
Kap. 1541 Pensjonar av statskassa
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2007 | Saldert budsjett 2008 | Forslag 2009 |
01 | Driftsutgifter, overslagsløyving | 22 349 | 23 800 | 21 700 |
Sum kap. 1541 | 22 349 | 23 800 | 21 700 |
Allmenn omtale
Pensjonar av statskassen er heimla i Grunnlova § 75 bokstav i. Ordninga omfattar visse grupper som ikkje har opptente pensjonsrettar i Statens Pensjonskasse, men likevel får utbetalt pensjonar. Det er særleg to hovudgrupper som er omfatta av ordninga:
arbeidstakarar som har hatt statlege tenesteforhold utan høve til å verte medlemer av Statens Pensjonskasse, kan ytast tilleggspensjon når dei seinare har vorte medlemer og har rett til pensjon derifrå. Det finst særlege retningslinjer om pensjon for krigsteneste
stadleg tilsette arbeidstakarar ved norske utanriksstasjonar kan givast vederlagspensjon av statskassen ut frå tilhøva på staden. Denne ordninga vert administrert i samarbeid med Utanriksdepartementet, og pensjonen vert utbetalt gjennom utanrikstenesta
Rapport 2007
Fornyings- og administrasjonsdepartementet gir tilsegn om Pensjonar av statskassen etter søknad. Det har over tid stadig vorte gitt tilsegn om færre nye pensjoner. Det vart gitt tilsegn om 10 nye Pensjonar av statskassen i 2007.
Budsjett 2009
Post 01 Driftsutgifter, overslagsløyving
Løyvinga skal dekkje forventa utbetalingar til pensjonar av statskassen.
Kap. 1542 Tilskot til Statens Pensjonskasse
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2007 | Saldert budsjett 2008 | Forslag 2009 |
01 | Driftsutgifter, overslagsløyving | 7 462 350 | 8 794 000 | 8 265 000 |
22 | Sluttoppgjer, overslagsløyving | 292 500 | 545 000 | |
70 | For andre medlemer av Statens Pensjonskasse, overslagsløyving | 82 999 | 104 000 | 92 000 |
Sum kap. 1542 | 7 837 849 | 9 443 000 | 8 357 000 |
Allmenn omtale
Kapitlet er nettobudsjettert. Dei årlege pensjonsutbetalingane vert delvis dekte av Statens Pensjonskasse sine jamlege inntekter. Dette er regulert i lov om Statens Pensjonskasse § 41, der det òg går fram at den delen av netto pensjonsutgifter som ikkje vert dekt av pensjonsinnskot og fondsavkastning, skal dekkjast av staten ved årlege tilskot. Inntektssida er mellom anna regulert i § 16, som seier at alle medlemer skal betale innskot med 2 pst. av pensjonsgrunnlaget. Vidare er ei rekkje verksemder pålagde å yte ein del frå arbeidsgivar. Det vert betalt arbeidsgivardel for om lag 72 pst. av alle medlemer, mellom anna for nesten alle som ikkje er statstilsette.
Inntektssida utgjer i første rekkje medlemsinnskot og arbeidsgivarpremie frå dei av medlemsverksemdene som er premiebetalande. Dette er innskot for pensjonsrettar som skal utbetalast langt fram i tid, mens utbetalingane er til dei som tidlegare har vore yrkesaktive. Det er derfor ikkje nokon direkte samanheng mellom utgiftene og inntektene på kapitlet i det einskilde budsjettåret.
Arbeidsgivardelen vert i dei fleste tilfelle berekna som ein fellessats for grupper av verksemder. Ein del verksemder får likevel premien berekna individuelt, mellom anna dei fleste aksjeselskapa. Arbeidsgivardelen vil derfor variere frå verksemd til verksemd, eller for ulike grupper av verksemder, avhengig av til dømes lønnsnivå, aldersfordeling og pensjonsalder. I tillegg vert inntekter førte frå kapitalavkastning, frå gebyr i låneordninga for statstilsette, og frå refusjon for mellom anna yrkesskadeutbetalingar og førtidspensjonar.
Utgiftssida utgjer i første rekkje utbetalingar til alderspensjon, uførepensjon, enkje- og enkjemannspensjon, barnepensjon og avtalefesta førtidspensjon (AFP). I tillegg vert det budsjettert avskrivingar, administrasjonsutgifter, renter av lån av statskassen, pensjonsutbetalingar og refusjonspensjonar. Det vert òg budsjettert utbetalingar til yrkesskadeforsikring som ikkje vert dekte av det nye premiesystemet frå 1996.
Rapport 2007
Netto auke i talet på pensjonar var på 6 305 i 2007, frå 222 570 per 31.12.2006 til 228 875 per 31.12.2007.
Budsjett 2009
Det er berekna at netto utbetalingar i 2009 vil bli på 8 357 mill. kroner, fordelt med 8 265 mill. kroner på post 01 og 92 mill. kroner på post 70. Dette er 519 mill. kroner høgare enn rekneskap 2007, men 1 086 mill. kroner lågare enn saldert budsjett 2008. Reduksjonen i 2009 i forhold til saldert budsjett 2008 skuldast i første rekkje auka premieinntekter og at det i 2008-budsjettet vert budsjettert med utbetalingar på 545 mill. kroner i samband med sluttoppgjer for Mesta AS.
Utbetalingane for årene 2010–2012 er anslått til 9 131, 9 778 og 10 461 mill. kroner. Det er i desse tala lagt til grunn ein årleg vekst på 3,1 pst. når det gjeld pensjonar eksklusive AFP og førtidspensjon.
Pensjonsutbetalingar
Kategorien «pensjonsutbetalingar» i tabellen nedanfor inkluderer alderspensjon, enkje- og enkjemannspensjon, barnepensjon, uførepensjon og vartpengar. Utbetalingane er berekna å utgjere 15 378 mill. kroner i 2009. Dette er ein auke på 1 979 mill. kroner samanlikna med rekneskap 2007 og 1 083 mill. kroner samanlikna med saldert budsjett 2008. Av denne differansen er trygdeoppgjeret i 2008 berekna å medføre auka utbetalingar i 2009 med 754 mill. kroner. Veksten i utbetalingane er berekna å bli på om lag 3,1 pst. årleg i perioden 2010–2012, slik at desse vil utgjere om lag 16,7 mrd. kroner i 2012 i 2009-kroner.
Når det gjeld handsaminga av statsarbeidarsakene, jf. St.prp. nr. 39 (2007–2008), er det gått ut frå at Statens Pensjonskasse sluttfører handsaminga av desse sakene i 2009. Det er teke omsyn til utbetalingar til statsarbeidarar med 52 mill. kroner i 2009-budsjettet. Når det gjeld manglande utbetalingar til personar med oppsette pensjonsrettar, er det førebels lagt til grunn at utbetalingar til desse vil sluttførast i 2008, jf. St.prp. nr. 59 (2007–2008).
AFP-pensjonar
Utbetalingane er berekna til 2 822 mill. kroner i 2009. Dette er ein auke på 594 mill. kroner samanlikna med rekneskap 2007, og 34 mill. kroner samanlikna med det som er lagt til grunn i saldert budsjett 2008. Trygdeoppgjeret i 2008 er berekna å medføre ein auke i utbetalingane i 2009 på 138 mill. kroner.
Førtidspensjonar
Utbetalingane til førtidspensjonar er berekna til 273 mill. kroner i 2009. Dette er ein nedgang med 91 mill. kroner samanlikna med rekneskap 2007 og ein nedgang med 19 mill. kroner samanlikna med det som vart lagt til grunn i saldert budsjett 2008.
Fordi utgiftene til førtidspensjoner vert refunderte frå verksemdene, er nettoeffekten på kap. 1542 tilnærma budsjettnøytral. Samla sett er det budsjettert med ei netto innbetaling på 2 mill. kroner i 2009 på kap. 1542.
Premieinntekter - medlemsinnskot
Overslaget for medlemsinnskot er på 1 504 mill. kroner. Dette er 135 mill. kroner høgare enn rekneskap 2007 og 166 mill. kroner høgare enn saldert budsjett 2008. Av dette medfører lønnsoppgjeret i 2008 ein auke i utbetalingane med 112 mill. kroner.
Premieinntekter - arbeidsgivardel
Overslaget for innbetaling av arbeidsgivardel er 8 566. Dette er 1 616 mill. kroner høgare enn rekneskap 2007 og 1 508 mill. kroner høgare enn i saldert budsjett 2008. Auken samanlikna med saldert budsjett skuldast fleire forhold. For det første vert det for 2009 nytta ein ny premietariff ved utrekning av premiesatsane. Tariffen som har vorte nytta fram til no er frå 1963. Den nye tariffen er frå 2005 og inneber justeringar av ei rekkje føresetnader, mellom anna estimat for levealder. Dette elementet inneber ei meirinntekt på om lag 300 mill. kroner. Den nye tariffen har vorte teken i bruk av marknaden.
For det andre vert det i 2009 lagt opp til at om lag 60 ikkje-statlege medlemsverksemder skal innbetale ein pensjonspremie som er hendingsbasert. Fram til no har alle premiesatsar berre vore fastsette på førehand (akonto), og dei har ikkje vore endra gjennom året. Hendingsbaserte premiar gjer at hendingar som finn stad, og som verkar inn på framtidige pensjonsutbetalingar, vert fanga opp og fører med seg endringar i premiesatsen jamleg gjennom året. Innføring av denne typen premie føreset ei forskyving i premieinnbetalinga som gir ein samla eingongseffekt på om lag 300 mill. kroner i auka premieinntekter i 2009.
For det tredje er effekten av lønnsoppgjeret i 2008 venta å gi ein auke i premieinntekter i 2009 på 597 mill. kroner. Av andre endringar kan det nemnast at administrasjonspremien er auka frå 0,27 pst. til 0,31 pst. av premiegrunnlaget.
Tabell 2.1 Inntekter og utgifter til Statens Pensjonskasse
(i 1000 kroner) | |||
---|---|---|---|
Rekneskap 2007 | Saldert budsjett 2008 | Forslag 2009 | |
Sluttoppgjer | 308 600 | 545 000 | 0 |
Pensjonsutbetalingar | 13 399 112 | 14 294 853 | 15 377 678 |
AFP-pensjonar | 2 228 013 | 2 787 691 | 2 822 105 |
Førtidspensjonar | 364 290 | 292 290 | 272 656 |
Yrkesskadeforsikring | 5 402 | 8 899 | 8 412 |
Renter pensjonsutbetalingar | 5 905 | 7 224 | 5 493 |
Renter refusjonspensjonar | 404 | 1 101 | 1 158 |
Avskrivingar | 29 710 | 22 946 | 35 696 |
Renter av lån av statskassen | 643 701 | 772 000 | 1 223 000 |
Administrasjonsutgifter | 322 302 | 345 000 | 359 000 |
Utgifter i alt | 17 307 440 | 19 077 983 | 20 105 198 |
Medlemsinnskot | 1 368 546 | 1 337 983 | 1 503 898 |
Arbeidsgivarinnskot inkl. AFP | 6 949 831 | 7 057 643 | 8 565 792 |
Refusjon yrkesskade | 12 807 | 11 091 | 9 215 |
Kapitalavkastning | 622 177 | 765 000 | 1 195 000 |
Refusjon førtidspensjonar | 347 467 | 294 764 | 275 238 |
Refusjonspensjonar andre ordningar | 150 379 | 152 614 | 181 512 |
Gebyr Lån | 18 384 | 15 000 | 18 000 |
Inntekter i alt | 9 469 591 | 9 634 076 | 11 748 655 |
Samla tilskot (utgifter-inntekter) | 7 837 849 | 9 442 928 | 8 356 543 |
Post 01 Driftsutgifter, overslagsløyving
Løyvinga skal dekkje differansen mellom premieinntekter og pensjonar utbetalte for tidlegare opptente rettar for medlemer i Statens Pensjonskasse. Ein forventa auke av utbetalte pensjonar i 2009 og heilårseffekten av lønns- og trygdeoppgjeret i 2008 (medrekna G-regulering av pensjonsytingane) påverkar det berekna tilskotet.
Post 22 Sluttoppgjer, overslagsløyving
Det er ikkje budsjettert med utbetalingar eller innbetalingar til sluttoppgjer i 2009.
Post 70 For andre medlemer av Statens Pensjonskasse, overslagsløyving
Løyvinga skal dekkje differansen mellom premieinntekter og pensjonar utbetalte for tilsette i ikkje-statlege sosiale og humanitære institusjonar som er medlemer av Statens Pensjonskasse.
Kap. 1543 Arbeidsgivaravgift til folketrygda
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2007 | Saldert budsjett 2008 | Forslag 2009 |
01 | Driftsutgifter, overslagsløyving | 814 000 | 843 000 | 911 000 |
70 | For andre medlemer av Statens Pensjonskasse, overslagsløyving | 9 000 | 9 000 | 10 000 |
Sum kap. 1543 | 823 000 | 852 000 | 921 000 |
Allmenn omtale
Postane omfattar arbeidsgivaravgift til folketrygda av berekna arbeidsgivardel og medlemsinnskot for verksemder som ikkje er pålagde å betale arbeidsgivardel og medlemsinnskot til Statens Pensjonskasse. Dette omfattar arbeidsgivaravgift for statsforvaltninga og for andre medlemer i Statens Pensjonskasse som ikkje betaler premie til Pensjonskassen.
Endringa i berekna tilskot i forhold til føregåande år kjem av oppdatert berekna premiegrunnlag for dei ikkje-premiebetalande medlemsverksemdene i Statens Pensjonskasse. Kapitlet utgjer ei teknisk utrekning av arbeidsgivaravgifta.
Budsjett 2009
Post 01 Driftsutgifter, overslagsløyving
Posten gjeld berekna arbeidsgivaravgift for arbeidsgivardelen av pensjonsinnskotet og for medlemsinnskotet for statsforvaltninga, for verksemder som ikkje er pålagde å betale arbeidsgivardel og medlemsinnskot direkte til Statens Pensjonskasse.
Post 70 For andre medlemer av Statens Pensjonskasse, overslagsløyving
Posten gjeld berekna arbeidsgivaravgift for arbeidsgivardelen av pensjonsinnskotet og for medlemsinnskotet for andre medlemer i Statens Pensjonskasse som ikkje betaler slikt innskot direkte til Statens Pensjonskasse.
Kap. 1544 Bustadlåneordninga i Statens Pensjonskasse
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2007 | Saldert budsjett 2008 | Forslag 2009 |
90 | Lån, overslagsløyving | 2 989 429 | 1 300 000 | 3 400 000 |
Sum kap. 1544 | 2 989 429 | 1 300 000 | 3 400 000 |
Allmenn omtale
I hovudtariffavtalen i staten går det fram at bustadlån med trygd kan ytast med inntil 1,5 mill. kroner, og etter reglar fastsette av Fornyings- og administrasjonsdepartementet. Lån kan givast til pensjonistar og yrkesaktive medlemer av Statens Pensjonskasse etter Lov om Statens Pensjonskasse med tilleggslover. Dersom det ligg føre særskilde grunnar, kan Statens Pensjonskasse òg gi lån til barn som grunna begge foreldra sin død må flytte frå tenestebustad. Statsrådar og stortingsrepresentantar kan òg få lån.
Ordninga vert finansiert ved hjelp av fondet til Statens Pensjonskasse og ved løyvingar over statsbudsjettet når midlane i fondet ikkje strekk til. Lån vert gitt for å skaffe bustad eller for å refinansiere bustadlån. Lån vert gitt mot trygd innanfor 80 pst. av marknadsverdien til bustaden. Lånet har ei maksimal nedbetalingstid på 30 år, der fem år kan vere avdragsfrie.
Renta på bustadlån i Statens Pensjonskasse følgjer normalrenta for rimelege lån i arbeidsforhold (normrenta). Rentesatsen kan endrast inntil 6 gonger per år.
Rapport 2007
Tal på lån | (i mill. kr) | |||||
---|---|---|---|---|---|---|
År | Nye lån | Talet på lån totalt | Total utlåns-portef. 31.12. | Brutto utlån | Avdrag | Kapitalbehov |
1998 | 1 639 | 17 941 | 1 425 | 473 | 200 | 273 |
1999 | 9 424 | 23 970 | 4 075 | 2 970 | 325 | 2 645 |
2000 | 7 411 | 26 566 | 6 038 | 2 768 | 812 | 1 956 |
2001 | 13 713 | 34 069 | 10 624 | 6 227 | 1 633 | 4 594 |
2002 | 10 581 | 38 181 | 14 293 | 6 159 | 2 499 | 3 660 |
2003 | 4 296 | 33 640 | 13 108 | 2 710 | 3 895 | -1 185 |
2004 | 2 320 | 30 467 | 11 935 | 1 447 | 2 620 | -1 173 |
2005 | 3 947 | 29 985 | 12 205 | 2 529 | 2 259 | 270 |
2006 | 4 620 | 29 368 | 13 100 | 3 859 | 2 964 | 895 |
2007 | 6 564 | 30 206 | 16 100 | 6 395 | 3 395 | 3 000 |
I 2007 utbetalte Statens Pensjonskasse 6 564 nye lån. Den totale porteføljen av utlån var ved utgangen av 2007 på 16,1 mrd. kroner, noko som utgjer ein auke på 22,9 pst. frå 2006. Talet på lån er auka med 2,8 pst., frå 29 368 til 30 206. Resultatkravet for 2007 var ei sakshandsamingstid på ein månad for søknader om nye lån og refinansiering. Ved utgangen av 2007 var Statens Pensjonskasses sakshandsamingstid under ein månad både for søknader om nye lån og refinansiering.
Mål og prioriteringar 2009
Statens Pensjonskasse skal handsame søknader om nye lån og refinansiering innan éin månad.
Budsjett 2009
Post 90 Lån, overslagsløyving
Løyvinga skal dekkje venta utlån til bustadlån til statstilsette utover det som vert dekt av innbetalte avdrag og fondet til Statens Pensjonskasse.
Utlånsveksten er forventa å bli høgare enn føresett i saldert budsjett 2008, jf. òg at løyvinga for 2008 vart sett opp med 400 mill. kroner til 1 700 mill. kroner i samband med revidert nasjonalbudsjett.
Kap. 1546 Yrkesskadeforsikring
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2007 | Saldert budsjett 2008 | Forslag 2009 |
01 | Driftsutgifter, overslagsløyving | 79 743 | 85 000 | 94 000 |
Sum kap. 1546 | 79 743 | 85 000 | 94 000 |
Allmenn omtale
Alle som gjer arbeid i teneste for arbeidsgivar er omfatta av lov av 16. juni 1989 nr. 65 om yrkesskadeforsikring. Staten som arbeidsgivar er sjølvassurandør, men arbeidstakarar i staten har dei same rettane etter lova som andre arbeidstakarar. Arbeidstakarar som er omfatta av Hovudtariffavtalen i staten er i tillegg dekte av reglane i avtalen om ytingar ved yrkesskadar. Yrkesskadeordninga omfattar personskadar som kjem av arbeidsulykker og sjukdomar som kjem av påverknad frå skadelege stoff eller arbeidsprosessar. Erstatning skal ytast utan omsyn til om nokon har skuld i skaden. Vilkåret er at skaden/sjukdomen skjer i arbeid på arbeidsstaden og i arbeidstida.
Frå 01.01.1996 er yrkesskadeforsikringa i staten basert på eit premiesystem. Dette inneber at det vert kravd ein premie av arbeidsgivarar kvart år som skal dekkje kostnadene for dei skadane som vert konstaterte dette året, òg om skaden vert meld og gjord opp fleire år seinare. Når Statens Pensjonskasse handsamar saker der skaden vart konstatert før 01.01.1996, utbetaler Statens Pensjonskasse erstatninga for deretter å krevje summen refundert frå den aktuelle arbeidsgivaren, med tillegg av eit administrasjonsgebyr. Skadar konstaterte etter 01.01.1996 vert dekte av innbetalt premie.
Etter lov om yrkesskadeforsikring er staten som sjølvassurandør ansvarleg for ei rekkje andre grupper som er definerte som arbeidstakarar. Dette er grupper som er sysselsette av staten, men som likevel fell utanom tenestemannslova og hovudtariffavtalen.
For nokre grupper av arbeidstakarar, eller personar i arbeidsliknande tilhøve, har krav om yrkesskadeerstatning vorte handsama av dei ulike fagdepartementa. Frå 01.01.2004 skal alle krav om erstatning etter yrkesskadeforsikringslova handsamast av Statens Pensjonskasse.
Skadeomfanget for gruppene er enno ikkje heilt kjent. Overføringa vil for 2009 få administrative og økonomiske verknader både for Statens Pensjonskasse og for dei departementa saker vert overførte frå.
Rapport 2007
I 2007 hadde Statens Pensjonskasse 198 utbetalingar i yrkesskadesaker. I omlag 85 pst. av sakene vart erstatningane utbetalte innan fire veker etter at naudsynt dokumentasjon låg føre. Resultatkravet for 2007 var at minst 80 pst. av erstatningane skulle utbetalast innan fire veker.
Mål og prioriteringar 2009
Statens Pensjonskasse skal utbetale minst 80 pst. av forsikringsbeløpa under yrkesskadeforsikringa innan fire veker etter at naudsynt dokumentasjon er motteken.
Budsjett 2009
Post 01 Driftsutgifter, overslagsløyving
Framlegget til løyving på denne posten skal dekkje utgiftene til yrkesskadeutbetalingane i 2009. Løyvinga skal òg dekkje kostnadene til Statens Pensjonskasse Forvaltningsbedrift for å administrere yrkesskadeordninga, jf. omtalen under kap. 2470.
Kap. 4546 Yrkesskadeforsikring
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2007 | Saldert budsjett 2008 | Forslag 2009 |
01 | Premieinntekter | 126 488 | 116 000 | 127 000 |
Sum kap. 4546 | 126 488 | 116 000 | 127 000 |
Post 01 Premieinntekter
Framlegget til løyving gjeld innbetaling av yrkesskadeforsikringspremie frå alle arbeidsgivarane som er omfatta av ordninga. Berekna innbetalt premie er monaleg høgare enn berekna utbetalt erstatning i 2009. Dette har samanheng med at det ofte kan ta fleire år før skadetidspunktet vert konstatert, og utbetalingane kjem dermed ofte fleire år etter at premien er innbetalt.
Kap. 1547 Gruppelivsforsikring
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2007 | Saldert budsjett 2008 | Forslag 2009 |
01 | Driftsutgifter, overslagsløyving | 84 327 | 84 000 | 126 000 |
Sum kap. 1547 | 84 327 | 84 000 | 126 000 |
Allmenn omtale
Løyvinga gjeld § 23 i hovudtariffavtalen.
Rapport 2007
I 2007 vart det utbetalt forsikring etter 213 personar med til saman 84,3 mill. kroner. Resultatkravet for 2007 var at eingongsbeløpa etter gruppelivsordninga skulle utbetalast innan 7 dagar etter at alle opplysningane vert mottekne. 14 saker av 213 vart utbetalt meir enn 7 dagar etter at alle opplysningar var mottekne. I snitt vart eingongsbeløpa utbetalte etter fire dagar.
Mål og prioriteringar 2009
Statens Pensjonskasse skal utbetale forsikringsbeløpa under gruppelivsforsikring innan éi veke etter at naudsynt dokumentasjon er motteken.
Budsjett 2009
Post 01 Driftsutgifter, overslagsløyving
Løyvinga gjeld erstatningsutbetalingar og kostnadene til Statens Pensjonskasse Forvaltningsbedrift for å administrere gruppelivsordninga, jf. omtale under kap. 2470.
Kap. 4547 Gruppelivsforsikring
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2007 | Saldert budsjett 2008 | Forslag 2009 |
01 | Premieinntekter | 46 497 | 43 000 | 47 000 |
Sum kap. 4547 | 46 497 | 43 000 | 47 000 |
Post 01 Premieinntekter
Posten gjeld dei verksemder som betaler gruppelivspremie direkte til Statens Pensjonskasse.
Kap. 2470 Statens Pensjonskasse
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2007 | Saldert budsjett 2008 | Forslag 2009 |
24 | Driftsresultat | -34 826 | -18 896 | -11 532 |
45 | Større utstyrsinnkjøp og vedlikehald, kan overførast | 37 925 | 50 361 | 327 442 |
Sum kap. 2470 | 3 099 | 31 465 | 315 910 |
Allmenn omtale
Statens Pensjonskasse er ei forvaltningsbedrift. Det går eit klart skilje mellom pensjons- og forsikringsordningane og det administrative apparatet i verksemda som forvaltar og administrerer ordningane. Rekneskapsmessig er det skipa ei eining for pensjons- og forsikringsordningane (Statens Pensjonskasse Forsikring) og ei anna eining for administrasjonsapparatet (Statens Pensjonskasse Forvaltningsbedrift). Statens Pensjonskasse Forvaltningsbedrift har ein aktivitetsbasert økonomimodell der verksemda får betalt for dei einskilde tenestene som vert utførte for pensjonsordningane. Fornyings- og administrasjonsdepartementet fastset prisane for tenestene.
Rapport 2007
Statens Pensjonskasse skal utbetale korrekt berekna pensjon til rett tid. I 2007 vart alle nye pensjonar som er omfatta av utbetalingsgarantien til pensjonskassen, utbetalte til rett tid. Utbetalingsgarantien seier at dersom ein søkjer om pensjon i tide, skal pensjonen utbetalast første månad etter lønsopphøyr. Dette gjeld alderspensjonar, uførepensjonar og etterlattepensjonar.
Statens Pensjonskasse har prioritert arbeidet med å auke kvaliteten i pensjonsutrekninga, dvs. sørgje for korrekt utrekning og utbetaling av pensjon. Resultatmålet for 2007 var at minst 96 pst. av nye pensjonar skal utbetalast riktig ved første gongs utbetaling. Resultatet vart 95,3 pst. Generelt skuldast slike feilutbetalingar i hovudsak feilkjelder innan grunnlagsdata og samordning av pensjonar. For 2007 kan ein òg vise til høg turnover og dermed utfordringar knytte til å oppretthalde kompetanse. Statens Pensjonskasse har stort fokus på kvaliteten i pensjonsutbetalingane, og det vert arbeidd jamleg med å analysere avvik og setje i verk tiltak for å stabilisere kvaliteten.
I 2007 vart det utbetalt renter for til saman 6,3 mill. kroner. Av dei totale pensjonsutbetalingane på 15,6 mrd. kroner tilsvarer dette 0,4 promille, noko som er 1,2 promillepoeng betre enn resultatkravet.
For dei andre ordningane som Statens Pensjonskasse administrerer, vert det vist til rapportdelen under dei respektive kapitla.
Statens Pensjonskasse har gjennomført forsikringstekniske oppgjer innan fastsett frist for verksemder med fiktive fond i pensjonskassen.
Informasjon og service
Kundesenteret i Statens Pensjonskasse svarte på om lag 86 500 telefonar og 2 150 brev i 2007. I tillegg kom det 6 600 e-postmeldingar mot 7 700 i 2006. Gjennom utvikling av internettløysingar arbeider Statens Pensjonskasse med å betre tilgang til og flyt av informasjon. Somme arbeidsgivarar har direkte tilgang til å kontrollere og rette opp eigne data i systemet til Statens Pensjonskasse. Medlemene har høve til å kontrollere si eiga pensjonsopptening, og alle lånesøknader kan sendast elektronisk til Statens Pensjonskasse.
Om lag 93,7 pst. av alle telefonar vart svarte på ved førstegongs oppringing, mot 96,8 pst. i 2006. Dette kjem i hovudsak av høg turnover og høgt sjukefråvær og ein auke i talet på førespurnader. Brev vart i hovudsak svarte på innan fire veker, eller med førebels svar innan fire veker.
Statens Pensjonskasse har prioritert ulike informasjonstiltak knytte til utvikling i pensjonsordninga til dei ulike medlemsverksemdene. Verksemder med tildelte fond får no betre oppfølging og informasjon enn tidlegare.
Kvalitetssikring av medlemsdata
Ei viktig oppgåve for Statens Pensjonskasse er å ta i mot medlemsdata for alle medlemene. Kvar einskild arbeidsgivar har plikt til å sende inn naudsynte medlemsdata til Statens Pensjonskasse. Totalt omfattar dette i overkant av 1 600 arbeidsgivarar.
Medlemsdata vert nytta til fleire formål. Dei vert brukte til å rekne ut korrekt pensjonspremie for arbeidsgivarane, rekne ut korrekt pensjon for pensjonistane og gi informasjon om framtidig pensjon til medlemene. Vidare er medlemsdata kritisk for utrekning av forpliktingane og andre analyseformål. Kvaliteten på medlemsdata er heilt sentral for at Statens Pensjonskasse skal kunne vere ein profesjonell, brukarretta aktør.
Kvaliteten på medlemsdata er framleis ikkje god nok. Statens Pensjonskasse har i fleire år arbeidd med å betre kvaliteten på historiske data. I tillegg til det interne arbeidet med å rette opp data, arbeider Statens Pensjonskasse saman med kundane for å betre rutinane for innrapportering.
Prosjektet i Statens Pensjonskasse for kvalitetssikring av historiske medlemsdata har vorte gradvis utvida dei seinare åra, og planen for dette arbeidet omfattar no alle medlemer (aktive og oppsette) i pensjonskassen. Aktive medlemer er no i hovudsak ferdig kvalitetssikra. Det gjenståande kvalitetssikringsarbeidet er då i hovudsak retta mot oppsette medlemer, der Statens Pensjonskasse prioriterer etter alder og har teke dei eldste medlemene først. Så langt er det om lag 500 000 medlemer som har vore gjennom kvalitetssikringsprosessen. Det står att om lag 230 000 oppsette medlemer som ikkje har vorte kvalitetssikra. Kvalitetssikringa av medlemsdata er venta sluttført seinast i 2011.
Driftsstabilitet
Statens Pensjonskasse sitt pensjonssystem har i 2007 hatt ei driftstilgjengelegheit på 99,34 pst. I 2006 var tilsvarande driftstilgjengelegheit på 98,81 pst. Målsetjinga er å ha ei tilgjengelegheit på minst 99,5 pst. Statens Pensjonskasse har i 2007 hatt fokus på å leggje eit driftsmessig fundament som i framtida vil gi betre stabilitet og tilgjengelegheit til Statens Pensjonskasse sitt pensjonssystem. Dette fokuset har inkludert opprydding i basis infrastruktur og etablering av eit verktøy for overvaking av drifta. I tillegg har Statens Pensjonskasse lagt eit grunnlag for ei betre strukturering av forvaltninga av infrastrukturen i åra framover gjennom ei kategorisering av systema i forhold til driftskritikalitet og gjennom å etablere driftsmessige rammer for å gjere naudsynte reinvesteringar på infrastrukturen. Statens Pensjonskasse har i 2007 òg gjennomført eit forprosjekt for å førebu oppgraderinga av Windows-platforma som skal gjerast i 2008.
Implementering av ny systemteknisk løysing for premieberekning
Statens Pensjonskasse har sluttført det såkalla SFINX-prosjektet, som inneber implementering av ei ny forsikringsteknisk systemløysing (premieutrekningssystem). I samband med dette kan det nemnast at Statens Pensjonskasse har gjennomført det forsikringstekniske oppgjeret for 2007 for dei om lag 100 medlemsverksemdene som har fiktive fond, og berekna premiereservar for dei om lag 900 000 medlemene med det nye systemet. Med den nye løysinga kan Statens Pensjonskasse i større grad enn i dag automatisere premiebereknings- og reserveberekningssystemet. Dette vil medverke til å rasjonalisere premieberekningsarbeidet, og til at systemet vert meir robust og nøyaktig.
Mål og prioriteringar 2009
Statens Pensjonskasse skal:
utbetale korrekt pensjon til rett tid. Av nye pensjonar skal minst 96 pst. vere korrekte ved første gongs utbetaling. Vidare skal Statens Pensjonskasse ha eit auka fokus på kvalitetskontroll av løpande pensjonar og endringar i pensjonsutbetalingane, i tillegg til å betre dokumentasjonen av rettidige pensjonsutbetalingar
drive målretta informasjon med særleg vekt på dei rettar og oppgåver/plikter som medlemene og arbeidsgivarane har
vidareføre arbeidet med å sikre driftsstabilitet ved kjerneverksemdas datasystem og med det redusere risikoen for problem i samband med tenesteproduksjonen
vidareføre arbeidet med å betre kvaliteten i medlemsdatabasen. Statens Pensjonskasse skal sørgje for at medlemsopplysningane som vert henta inn og lagde i medlemsdatabasen, er av tilfredsstillande kvalitet. Statens Pensjonskasse skal òg arbeide vidare med å rydde opp i gamle medlemsdata
prioritere arbeidet med informasjon retta mot den premiebetalande delen av kundemassen, spesielt knytt til utviklinga i pensjonsordninga for kvar einskild medlemsverksemd
prioritere arbeidet med forsikringstekniske utrekningar. Det skal gjennomførast årlege forsikringstekniske oppgjer innan 1. juni for verksemder med fiktive fond
vidareføre arbeidet med service mot medlemene og generelt yte god service overfor kundane målt i forhold til å vere tilgjengeleg, ha låge restansar og høg brukartrivsel
vidareutvikle informasjonsteknisk verktøy for å effektivisere drifta og yte tenester av høg kvalitet til medlemene
implementere pensjonsreforma og synleggjere utfordringar og vilkår knytte til denne. Statens Pensjonskasse skal i særleg grad syte for effektiv og god styring og kostnadskontroll av PERFORM-prosjektet.
Budsjett 2009
Post 24 Driftsresultat
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Underpost | Nemning | Rekneskap 2007 | Saldert budsjett 2008 | Forslag 2009 |
24.1 | Driftsinntekter, overslagsløyving | -362 626 | -388 253 | -400 253 |
24.2 | Driftsutgifter, overslagsløyving | 276 008 | 314 498 | 325 498 |
24.3 | Avskrivingar | 19 006 | 37 800 | 46 164 |
24.4 | Renter av staten sin kapital | -1 659 | ||
24.5 | Til investeringsformål | 40 898 | 17 059 | 17 059 |
24.6 | Til reguleringsfond | -6 453 | ||
Sum post 24 | -34 826 | -18 896 | -11 532 |
Underpost 24.1 Driftsinntekter, overslagsløyving
Inntekta til Statens Pensjonskasse Forvaltningsbedrift er knytt til betaling for dei administrative tenestene som vert utførte for pensjonsordningar og andre produkt i Statens Pensjonskasse Forsikring.
Om lag 90 pst. av inntekta kjem frå administrasjon av dei ulike pensjonsordningane, der inntekt knytt til den statlege pensjonsordninga etter lov om Statens Pensjonskasse utgjer det aller meste.
Inntektsauken kjem i hovudsak av auka volum og av at dei administrative prisane for 2009 er justerte opp som følgje av kostnadsutviklinga.
Underpost 24.2 Driftsutgifter, overslagsløyving
Per 31.12.2007 hadde Statens Pensjonskasse Forvaltningsbedrift om lag 305 årsverk. Lønskostnader utgjer omlag halvparten av verksemdas driftskostnader.
Dei auka driftsutgiftene kjem i hovudsak av venta pris- og lønsvekst. Inkludert i driftsutgiftene er kostnader knytte til investeringsprosjekta som ikkje kan aktiverast.
Underpost 24.3 Avskrivingar
Statens Pensjonskasse gjer avskrivingar av aktiverte driftsmidlar. Avskrivingane startar året etter kjøpsåret. Det vert nytta lineære avskrivingar der historisk kostpris på aktiverte driftsmidlar vert avskriven med satsar på 15 pst. for inventar og 25 pst. for kontormaskinar (inkludert IKT-utstyr og programvare).
Underpost 24.4 Renter
I samsvar med reglane for forvaltningsbedrifter skal det svarast rente for den kapital som er investert i bedrifta.
Underpost 24.5 Til investeringsformål
Posten omfattar avsetning til eigenfinansierte investeringar, jf. kap. 5470, post 30.
Underpost 24.6 Til reguleringsfondet
Reguleringsfondet skal nyttast til å dekkje svingingar i verksemda sin økonomi mellom ulike år, og til å dekkje effektane av lønsoppgjer og uføresette utgifter i det einskilde budsjettåret. Fondet er ein del av eigenkapitalen til forvaltningsbedrifta. Ein legg til grunn at reguleringsfondet kan brukast til gjenkjøp av mellom anna systemløysingar. Det vert gjort framlegg om at det vert gitt høve til å omdisponere inntil 10 mill. kroner frå reguleringsfondet til investeringsformål, jf. forslag til romartalsfullmakt.
Post 45 Større utstyrsinnkjøp og vedlikehald, kan overførast
Løyvingsforslaget under posten skal gå til investeringar knytte til pensjonsreforma og dei tre strategiske utviklingsprogramma for kvalitet og prosess, IKT og elektronisk samhandling.
Det er i forslaget til løyving sett av 300 mill. kroner til Statens Pensjonskasses pensjonsprosjekt (PERFORM) i 2009. Ein viser til omtale av prosjektet under kategoriomtalen.
Tabell 2.2 Balanse Statens Pensjonskasse
(i 1000 kr) | ||
---|---|---|
Rekneskap 2006 | Rekneskap 2007 | |
Eigedelar | ||
Anleggsmidlar | ||
Driftsmidlar, eigedommar | 90 984 638 | 109 904 038 |
Sum anleggsmidlar | 90 984 638 | 109 904 038 |
Omløpsmidlar | ||
Varebehaldningar, varer i arbeid | 0 | 0 |
Kortsiktige fordringar | 199 371 | 102 468 |
Kortsiktige plasseringar | 0 | 0 |
Mellomvære med statskassen | 27 670 286 | 18 181 120 |
Sum omløpsmidlar | 27 869 657 | 18 283 588 |
Sum eigedelar | 118 854 295 | 128 187 626 |
Eigenkapital og gjeld | ||
Eigenkapital | ||
Eigenkapital utan reguleringsfond | 79 123 113 | 120 021 113 |
Reguleringsfondet | 16 160 613 | 9 707 138 |
Sum eigenkapital | 95 283 726 | 129 728 251 |
Langsiktig gjeld | ||
Statens renteberande kapital | 11 861 525 | -10 117 075 |
Anna langsiktig gjeld | 0 | 0 |
Sum langsiktig gjeld | 11 861 525 | -10117 075 |
Kortsiktig gjeld | ||
Kortsiktig gjeld | 11 709 044 | 8 576 450 |
Sum kortsiktig gjeld | 11 709 044 | 8 576 450 |
Sum eigenkapital og gjeld | 118 854 295 | 128 187 626 |
Kap. 5470 Statens Pensjonskasse
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2007 | Saldert budsjett 2008 | Forslag 2009 |
30 | Avsetning til investeringsformål | 40 898 | 17 059 | 17 059 |
Sum kap. 5470 | 40 898 | 17 059 | 17 059 |
Post 30 Avsetning til investeringsformål
Løyvinga gjeld avsetningar til investeringsformål til inntekt i statsrekneskapen, jf. omtale under kap. 2470, underpost 24.5.
Kap. 5607 Renter av bustadlåneordninga i Statens Pensjonskasse
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2007 | Saldert budsjett 2008 | Forslag 2009 |
80 | Renter | 643 701 | 772 000 | 1 223 000 |
Sum kap. 5607 | 643 701 | 772 000 | 1 223 000 |
Allmenn omtale
På kapitlet er budsjettering av renteinntekter knytte til bustadlåneordninga i Statens Pensjonskasse, jf. kap. 1544. Renta på bustadlån i Statens Pensjonskasse følgjer normalrenta for skattlegging av fordel av rimelege lån i arbeidsforhold, òg kalla normrenta. Det er Finansdepartementet som fastset normrenta. Renta kan justerast inntil seks gonger i året.
Budsjett 2009
Post 80 Renter
Posten gjeld renteinntekter knytte til bustadlåneordninga i Statens Pensjonskasse, jf. kap. 1544. Auken i berekna renteinntekter i 2009 i forhold til saldert budsjett 2008, kjem mellom anna av oppdaterte prognoser for utlånsveksten i 2008 og renteauke. I berekna inntekt for 2009 er det lagt til grunn ein vekst i utlånsporteføljen, jf. kap. 1544, og ei utlånsrente på 6,25 pst.
Programkategori 01.50 Konkurransepolitikk
Utgifter under programkategori 01.50 fordelte på kapittel
(i 1 000 kr) | |||||
---|---|---|---|---|---|
Kap. | Nemning | Rekneskap 2007 | Saldert budsjett 2008 | Forslag 2009 | Pst. endr. 08/09 |
1550 | Konkurransetilsynet | 92 413 | 84 209 | 85 277 | 1,3 |
Sum kategori 01.50 | 92 413 | 84 209 | 85 277 | 1,3 |
Inntekter under programkategori 01.50 fordelte på kapittel
(i 1 000 kr) | |||||
---|---|---|---|---|---|
Kap. | Nemning | Rekneskap 2007 | Saldert budsjett 2008 | Forslag 2009 | Pst. endr. 08/09 |
4550 | Konkurransetilsynet | 5 222 | 201 | 210 | 4,5 |
Sum kategori 01.50 | 5 222 | 201 | 210 | 4,5 |
Allmenn omtale
Fornyings- og administrasjonsdepartementet har det overordna ansvaret for gjennomføringa av dei sektorovergripande verkemidla i konkurransepolitikken. Dette inneber mellom anna eit ansvar for:
utforming og forvaltning av den norske konkurranselova, pristiltakslova, EØS-konkurranselova, lov om offentlege innkjøp og lov om offentleg støtte med føresegner m.m.
gjennomføring av konkurransereglane i EØS-avtalen i norsk rett
styring av Konkurransetilsynet, inkludert sekretariatet til Klagenemnda for offentlege innkjøp (KOFA)
å syte for at det vert lagt tilstrekkeleg vekt på konkurranseomsyn innanfor andre politikkområde
Det er i hovudsak Konkurransetilsynet som står for den daglege utøvinga av konkurransepolitikken gjennom handheving av konkurranselova og andre føresegner. I det følgjande er det i all hovudsak departementet sitt arbeid på det konkurransepolitiske området som skal omtalast. Verksemda til Konkurransetilsynet vert omtalt under kap. 1550.
Føresegner på konkurranseområdet:
Konkurranselova
Føremålet med konkurranselova er å fremje konkurranse for å få effektiv bruk av ressursane i samfunnet, med særleg vekt på forbrukarane sine interesser. Viktige trekk ved konkurranselova er:
lova forbyr samarbeid som avgrensar konkurransen mellom føretak og forbyr føretak å utnytte ei dominerande stilling på ein utilbørleg måte
lova gir Konkurransetilsynet høve til å gi pålegg om gebyr for brot på lova. Gebyret vert rekna ut etter dei tilnærma same prinsippa som dei tilsvarande bøtene EU-kommisjonen kan gi. Perioden frå brotet vert avdekt til reaksjon er korta ned ved at Konkurransetilsynet ikkje lenger må melde brota til påtalemakta
lova opnar for å redusere gebyret for dei som melder frå om brot på konkurranselova og samarbeider med Konkurransetilsynet om oppklaring av brota
lova pålegg Konkurransetilsynet å gripe inn mot føretakssamanslutningar som vil føre til eller forsterke ei vesentleg innskrenking av konkurransen. Meldeplikta for føretakssamanslutningar gir Konkurransetilsynet høve til å overvake endringar i dei ulike marknadene gjennom fusjonar og oppkjøp av føretak
EØS-konkurranselova
Konkurransetilsynet skal handheve forboda i EØS-avtalen mot samarbeid som minskar konkurransen mellom føretak og mot utilbørleg utnytting av eit føretak sin dominerande posisjon. Konkurransereglane i EØS og Noreg svarer til konkurransereglane i EU.
Reglane om offentlege innkjøp
Offentlege innkjøp spelar ei stor rolle for ressursbruken i offentleg sektor, og er ein viktig marknad for næringsdrivande. I 2006 utgjorde samla innkjøp av varer og tenester i offentleg sektor om lag 250 mrd. kroner (ekskl. oljesektoren). Reglane om offentlege innkjøp har som hovudmål å sikre at offentlege midlar vert utnytta best mogeleg gjennom kostnadseffektive innkjøp samstundes som allmenta har tillit til at offentlege innkjøp skjer på ein samfunnstenleg måte. Det gjeld mellom anna krav til konkurranse, god forretningsskikk, at innkjøpa er forholdsmessige, at leverandørar vert handsama likt, og at oppdrag er føreseielege, transparente og kan etterprøvast.
Reglane om offentleg støtte
Hovudregelen i EØS-avtalen er at offentleg støtte til næringsverksemd ikkje er tillate. Det er likevel gjort ei rekkje unntak frå hovudregelen. I 2006 vart det totalt tildelt om lag 9,2 mrd. kroner i statsstøtte. Det finst ulike retningslinjer som nedfeller unntak frå støtteforbodet, mellom anna kan støtte til formål som forsking, utvikling og innovasjon, miljø, kompetanseheving og regionalstøtte vere tillate dersom den er notifisert til og godkjend av ESA.
Dessutan finst det såkalla gruppeunntak for støttetiltak som generelt vert sette på som i tråd med EØS-avtalen. For slike tiltak gjeld ikkje notifikasjonsplikta, men støtta må meldast til ESA innan ein bestemt frist etter at den er sett i verk.
Støttegivar, det vil seie departement, fylkeskommune eller kommune, har ansvar for at støtte vert gitt i samsvar med reglane, og for at støtte vert godkjend av ESA når det er påkravd. Departementet sikrar norske interesser i saker (notifikasjons- og klagesaker) mellom norske styresmakter og ESA på området og samordnar sakshandsaminga og korrespondansen med ESA. I samband med dette hjelper departementet støttegivarar ved utarbeidinga av nye støtteordningar og notifikasjonar.
Sommaren 2008 hadde ESA 18 norske notifikasjonar og 37 norske klagesaker til behandling.
Departementet har dessutan ansvar for å sikre at norske interesser vert ivaretekne ved utforminga av nye reglar i EU-kommisjonen.
Hovudlinjer i konkurransepolitikken
Styresmaktene legg rammene for kvar det skal vere konkurranse og korleis konkurransen skal verke på ulike område ved utforming og handheving av konkurranseregelverket og ved utforming av andre offentlege reglar og tiltak som påverkar konkurransen.
Konkurranse gir i hovudsak positive verknader. Ressursane vert utnytta godt, marknadsaktørane vert meir effektive og vert dermed meir konkurransedugande på internasjonale marknader. Konkurranse gir forbrukarane tilbod om varer og tenester av god kvalitet til rett pris.
Samstundes er det viktig å hugse på at konkurranse ikkje alltid er eit riktig verkemiddel for å nå viktige samfunnsmål. For å løyse problem knytte til marknadssvikt som til dømes forureiningar, naturlege monopol som i kraftnettet og tilverking av kollektive gode som vegar, er det òg påkravd med anna offentleg styring og kontroll enn tilsyn med marknadene. Marknaden åleine tek heller ikkje tilstrekkeleg omsyn til fordeling av velferd. Derfor har Regjeringa slått fast at ein innan viktige område som helse, omsorg og utdanning, og tryggleik mellom anna i jernbanesektoren, skal byggje på fellesskapsløysingar og styrkje ansvaret til det offentlege.
I mange marknader treng ein ikkje å setje i verk særskilde tiltak for å nå særlege samfunnsmål. I slike marknader vert konkurransen regulert gjennom konkurranselova. I tillegg gjer reglane for offentlege innkjøp sitt til å stimulere konkurransen.
I omregulerte marknader, som til dømes i telesektoren, er det særlege konkurransereglar som vert handsama av sektormyndigheitene, i tillegg til reglane i konkurranselova som er Konkurransetilsynet sitt ansvar. Når marknader vert omregulerte og opna for konkurranse, inneber det ei utviding av det praktiske verkeområdet til konkurranselova. Då er det viktig med ei god samordning mellom sektormyndigheiter og konkurransemyndigheitene for å unngå motstridande politiske signal og motstridande verknader av handheving av regelverket.
På ein del område er det påkravd å setje i verk offentlege tiltak for å fremje ulike samfunnsmål. Offentlege tiltak kan gjennomførast for å korrigere marknadssvikt utan stor innverknad på konkurransen. Avgift på forureiningar er eit døme på korrigering av marknadssvikt. I andre høve vert det sett i verk tiltak som grip inn i marknads- og konkurransetilhøva. Det kan til dømes vere konsesjonsordningar som skal sikre at marknadsaktørane har tilstrekkelege kvalifikasjonar, men som gjer det vanskelegare å etablere seg for nye konkurrentar. Her set både konkurranselova og dei offentlege reguleringane rammer for konkurransen.
Konkurransestyresmaktene skal peike på konkurranseskadelege verknader av offentlege reguleringar og foreslå tiltak som kan avgrense dei skadelege verknadene. I mange konkurransesaker vil verknadene vere små for den einskilde forbrukar og større for den næringsdrivande. Dei sistnemnde vil òg drive meir aktiv lobbyverksemd. I utøvinga av konkurransepolitikken må vi derfor vere særleg merksame på veginga av omsyn til forbrukarane opp mot næringsomsyn. Dei offentlege tiltaka må òg liggje innanfor rammene av konkurransereglane i EØS-avtalen og EØS-regelverket om offentlege innkjøp og offentleg støtte.
Sunne konkurransemarknader vert best sikra gjennom ei streng konkurranselov og eit effektivt tilsyn frå konkurransestyresmaktene. Konkurranselova og EØS-konkurranselova skal motverke handlingar som hindrar marknadsmekanismane i å fungere, slik som misbruk av marknadsmakt og konkurranseavgrensande avtalar mellom føretak. Saman med regelverket for offentleg støtte til næringslivet og regelverket for offentlege innkjøp skaper dette ein heilskapleg konkurransepolitikk.
Hovudmål og strategiar
I dei marknadene der Regjeringa ønskjer konkurranse, skal konkurransestyresmaktene føre ein aktiv konkurransepolitikk for å sikre gode og rimelege varer og tenester til forbrukarane og fremje effektivitet i desse marknadene.
For å oppnå dette, arbeider departementet mot desse hovudmåla på det konkurransepolitiske området:
konkurranselova, EØS-konkurranselova, regelverket om offentlege innkjøp og regelverket om offentleg støtte skal utviklast i samsvar med internasjonale reglar og plikter og vere effektive verkemiddel for å fremje konkurranse
regelverket om offentlege innkjøp skal sikre at offentlege midlar vert utnytta best mogeleg gjennom kostnadseffektive innkjøp samstundes som allmenta har tillit til at offentlege innkjøp skjer på ein samfunnstenleg måte, mellom anna ved at ein tek miljø- og samfunnsansvar
etatsstyringa av Konkurransetilsynet skal ha klare mål, ei tydeleg oppfatning av rollefordelinga mellom departement og tilsyn, og resultatoppfølging som sikrar ei effektiv utøving av konkurransepolitikken og handheving av lovene
norske interesser skal takast omsyn til når ESA handsamar klager og notifikasjonar etter regelverket om offentleg støtte
departementet og Konkurransetilsynet skal saman syte for at det vert lagt vekt på konkurranseomsyn der Regjeringa ønskjer konkurranse. Mellom anna skal departementet:
stimulere til konkurranse og grunnlag for nyetablering ved offentlege innkjøp
hindre tildeling av ulovleg offentleg støtte og motverke skadeleg støtte
synleggjere omsynet til konkurransen ved offentlege tiltak
Vidareutvikling av lover og føresegner
Konkurranselov
Våren 2008 gjorde Regjeringa framlegg om endringar i konkurranselova, jf. Ot.prp. nr. 35 (2007–2008), som vart vedteke av Stortinget, jf. Innst.O. nr. 62 (2007–2008) og Besl.O. nr. 87 (2007–2008). Lovendringane gjeld frå 01.07.2008.
Konkurranselova § 21 er endra slik at plikta til å avvente klagehandsaminga i departementet før Kongen i statsråd kan gi løyve til ein fusjon er fjerna. Med dette treng ei omgjering av Kongen i statsråd, i saker som har prinsipiell eller stor samfunnsmessig verdi, ikkje vente på klagehandsaminga i departementet slik ordninga var tidlegare. Dersom det er ønskjeleg i den konkrete saka, kan ein likevel avvente utfallet av klagehandsaminga i departementet før politisk løyve vert gitt av Kongen i statsråd. Endringa skal forenkle og effektivisere handsaminga av klager i fusjonssaker.
I tilegg er konkurranselova § 20 endra slik at partane i saker om føretakssamanslutningar skal gi Konkurransetilsynet informasjon om marknader der marknadsdelen er under 20 pst. Tidlegare har reglane ført til at tilsynet ikkje får viktig informasjon frå partane i fusjonar mellom konkurrentar i desse marknadene. Endringa skal sikre at Konkurransetilsynet får naudsynt og viktig informasjon frå partane i ei føretakssamanslutning allereie i den alminnelege meldinga, og såleis syte for ein meir effektiv fusjonskontroll. Konkurranselova § 19 er òg endra slik at forbodet mot å gjennomføre ei føretakssamanslutning skal gjelde for alle meldepliktige. Endringa fører til at tidspunktet for gjennomføringsforbodet startar tidlegare enn før, og skal sikre ein effektiv fusjonskontroll.
Vidare er konkurranselova § 20 endra slik at dersom partane i ei føretakssamanslutning fremjar forslag om tiltak for å få løyve til å gjennomføre ein fusjon, så kan Konkurransetilsynet forlengje fristen med 25 dagar utan at partane har kravd dette. Tidlegare kunne ikkje tilsynet åleine forlengje fristen, sjølv om dei trong meir tid til å teste ut forslaga. Endringa skal sikre ein effektiv og forsvarleg fusjonskontroll i desse sakene.
Det er òg gjort språklege/redaksjonelle endringar i konkurranselova §§ 26 og 27 om innsyn i dokument, for å gjere bruksområdet til desse tydlegare. Realiteten i føresegna er ikkje endra.
Frå 01.01.2007 vart tersklane som utløyser meldeplikt for føretakssamanslutningar heva ved ei endring i forskrift om meldeplikt. Basert på statistiske undersøkingar reknar departementet med at endringa vil føre til ein reduksjon av meldepliktige føretakssamanslutningar med om lag 30 pst.
Departementet sende sommaren 2007 på høyring eit framlegg om forskrift i medhald av konkurranselova § 16 om verksemda til ein forvaltar. Etter § 16 har Konkurransetilsynet rett til å peike ut ein forvaltar til å hjelpe til ved gjennomføringa av inngrep mot føretakssamanslutningar. Bakgrunnen for føresegna var mellom anna eit ønske om å konsentrere ressursane til tilsynet om kjerneverksemda.
Våren 2008 vart det gitt forskrift om mellombels unntak frå konkurranselova for veterinære vakttenester. Bakgrunnen er ei endring i lova om dyrehelsepersonell som fører til at kommunane tek over ansvaret for veterinære vaktordningar frå staten, og skal lette overgangen mellom ny og gammal vaktordning. Unntaket gjeld ut 2008, men Fornyings- og administrasjonsdepartementet skal greie ut om det er naudsynt med unntak utover dette.
Våren 2008 vart unntaket for prissamarbeid om lærebøker til høgskule og universitet på nytt forlengd ut levetida til den gjeldande bokavtalen, til 31.12.2010. Ei evaluering av bokavtalen skal vere ferdig i tide til å inngå i førebuinga til eventuelle forhandlingar i bokbransjen om ein ny avtale frå 2011.
Departementet har òg bede Konkurransetilsynet greie ut om det skal verte gitt ei føresegn om unntak frå konkurranselova § 10, slik at busselskap kan samarbeide om fylkeskryssande ekspressbussruter. Eit forslag vart sendt på allmenn høyring sommaren 2008 med frist 01.10.2008.
Reglane om offentlege innkjøp
Regjeringa vil setje ned eit offentleg utval som skal utgreie og tilretteleggje korleis ein best kan gjennomføre nye EØS-reglar for handheving av reglane om offentlege innkjøp. Føremålet med reglane er at ein skal etterleve innkjøpsreglane betre, mellom anna ved å sikre leverandørar betre høve til inngrep før ein inngår offentlege kontraktar. Reglane har særleg fokus på handheving av ulovlege direkteinnkjøp.
Den nasjonale terskelverdien markerer kor store innkjøp ein offentleg innkjøpar kan gjere utan å ha plikt til å kunngjere ein tilbodskonkurranse og følgje fastsette prosedyrereglar. For mindre kjøp kan kostnadene ved å følgje prosedyrane ved tilbodskonkurranse i mange tilfelle utlikne ei eventuell kostnadsnedskjering som følgje av billigare og betre tilbod. I 2005 vart den nasjonale terskelverdien heva frå 200 000 til 500 000 kroner. I 2007 vart ei evaluering av hevinga sett i gang, og rapporten «Offentlige anskaffelser - terskelverdien med mer» vart overlevert sommaren 2008.
Rapporten inneheld ein analyse av konsekvensane av ei eventuell ytterlegare heving, ei vurdering av eit system for forenkla kunngjering og andre kostnadsreduserande tiltak, og dessutan ei identifisering av andre tiltak som kan hjelpe til å redusere kostnadene i konkurransefasen. Rapporten er ein del av det faglege grunnlaget for å vurdere om det skal gjerast endringar i terskelverdien. Regjeringa vil ta stilling til spørsmålet i samband med stortingsmeldinga om offentlege innkjøp som skal leggjast fram i 2009.
Reglane om offentleg støtte
Våren 2008 vart nye retningslinjer for offentleg støtte til miljøtiltak vedtekne av EU-kommisjonen og i juli vart retningslinjene innlemma i ESAs retningslinjer for statsstøtte. Retningslinjene opnar for forskjellige typar miljøstøtte, mellom anna støtte til karbonfangst og lagring (carbon capture and storage, CCS), støtte for tilpassing til framtidige regelendringar på miljøområdet, fritak frå miljøskattar og avgifter m.m. Retningslinjene inneheld eit kapittel om formålstenlege tiltak, som inneber at eksisterande støtteordningar på miljøområdet må tilpassast det nye regelverket innan ein nærmare bestemt frist.
Sommaren 2008 vedtok EU-kommisjonen ei ny kommisjonsforordning om eitt stort gruppeunntak for forskjellige typar støtte, det såkalla supergruppeunntaket. Forordinga vil bli innlemma i EØS-avtalen og deretter òg i norsk rett i løpet av hausten 2008. Supergruppeunntaket samlar eksisterande, og inkluderer nokre nye gruppeunntak i ei felles forordning som omfattar visse typar regionalstøtte, støtte til små og mellomstore bedrifter, miljøstøtte, støtte i form av risikokapital, av forskings-, utviklings- og innovasjonsstøtte, opplæringsstøtte og sysselsetjingsstøtte. Regelverket skal nyttast på alle sektorar av næringslivet og skal sikre at støtta er transparent og har ein insentiveffekt.
Internasjonalt arbeid
Fornyings- og administrasjonsdepartementet har, som vist ovanfor, det samla ansvaret for dei sektorovergripande verkemidla i konkurransepolitikken. Det omfattar konkurranselovgivinga for føretak, regelverket om offentleg støtte og regelverket om offentlege innkjøp.
Som følgje av Noregs plikter og rettar etter EØS-avtalen er departementet såleis ansvarleg for saksførebuing, utforming av norske posisjonar og gjennomføring av avgjerder i EØS-organ på konkurranseområdet. Derfor er det viktig og naudsynt for konkurransemyndigheitene å delta både i EU- og EØS- fora for å vareta Noregs interesser, både direkte i enkeltsaker og ved utvikling av regelverk av EØS-relevans. Avgjerder og regelverk gir rammer for norske politikarar, forvaltninga og norsk næringsliv.
I samband med utforminga av nye reglar i EU-kommisjonen inneber departementet sitt arbeid med å sikre norske interesser i prosessen, både at departementet syter for å klårgjere og samordne norske interesser internt i den norske forvaltninga og freistar å påverke regelverksutforminga i Kommisjonen. Det skjer ved høyringar og møte med norske føretak og styresmakter, deltaking i Kommisjonens og ESAs rådgivande komitear og arbeidsgrupper, samarbeid med andre nordiske styresmakter og gjennom skriftlege kommentarar. Departementet har òg ansvar for at reglane vert innlemma i EØS-avtalen og vert gjennomførte i norsk rett.
Europakommisjonen vedtok i april 2008 ei kvitbok om søksmål om skadebot ved brot på artikkel 81 og 82 i EF-traktaten. Artikkel 81 og 82, som svarer til artikkel 53 og 54 i EØS-avtalen, kan handsamast av konkurransestyresmaktene og av nasjonale domstolar. Domstolane kan gi skadebot for økonomisk skade som er valda av brot på traktatens antitrustreglar. Slik privat handsaming er eit viktig tillegg til den offentlege handsaminga av konkurransereglane. Føremålet med kvitboka er å gjere naudsynte endringar i nasjonal lovgiving om skadebot og sivilprosess for å lette tilgjenget til slike søksmål i konkurransesaker. Noreg har uttalt seg om forslaga i kvitboka.
Vidare er konkurransestyresmaktene sentrale i arbeidet med å sikre norske interesser i einskildsaker (notifikasjons- og klagesaker) mellom norske styresmakter og ESA /Kommisjonen på området og samordning av sakshandsaminga.
Konkurransestyresmaktene deltek òg i OECD. Men deltaking her har ein heilt annan karakter enn i EØS-samanheng. Diskusjonar føregår i større grad på premissane til dei nasjonale fagmyndigheitene og munnar ikkje ut i bindande normer eller vedtak som vert handheva overfor statar og føretak i etterkant av diskusjonar og konklusjonar i dei forskjellige møtefora. Likevel har såkalla OECD-rekommandasjonar ei viss vekt, og erfaringsmessig er det ofte parallelle drøftingar av problemstillingar i OECD og EU/EØS. Deltaking i OECD gir norske konkurransemyndigheiter ein ytterlegare sjanse til å påverke regelverks- og policyarbeid i EØS. Eksempel på tema som har vore handsama i 2008, er samspelet mellom konkurranse og arealplanlegging, konkurranse og krysseigarskap, økonomiske modellar som bevis i konkurransesaker, bruk av sektorstudiar i konkurransepolitikken og tiltak mot brot på konkurransereglane ved offentlege innkjøp.
Dei nordiske konkurransestyresmaktene har årlege konferansar og drøftar saker av felles interesse.
Prioriterte område
Auka innsats mot konkurransekriminalitet
Brot på konkurranselova (konkurransekriminalitet) fører med seg omfattande kostnader for samfunnet, men er vanskelege å avdekkje. Konkurransekriminalitet vert kjenneteikna ved at seljarane på ulike måtar koordinerer åtferda si med sikte på å lure kjøparane, som er innbyggjarar, offentlege innkjøparar eller private føretak. Typiske eksempel på dette er at konkurrentar avtaler å ikkje konkurrere på pris, eller deler marknader eller kundar mellom seg.
Regjeringa har styrkt innsatsen for å kjempe mot kartell og motverke konkurransekriminalitet. Konkurransetilsynet er i 2008 tilført 4,4 mill. kroner ekstra for å styrkje dette arbeidet. Auka kapasitet til etterforsking, betre analysar og oppbygging av nye avanserte IKT-system står sentralt i Konkurransetilsynet sitt arbeid med å motarbeide denne typen kriminalitet.
Departementet har vidare bedt Konkurransetilsynet om forslag til eventuelle lovendringstiltak som tilsynet meiner trengst for å styrkje handhevinga av konkurranselova. Tilsynet foreslår at lempingsprogrammet i konkurranselova vert styrkt, slik at deltakarar i eit ulovleg konkurransereduserande samarbeid kan vere endå sikrare på at samarbeid med myndigheitene reduserer sanksjonsrisikoen. Tilsynet foreslår òg at anonymiteten til dei som tipsar tilsynet vert styrkt. Slike tipsarar kan vere tilsette, tidlegare tilsette og kundar. Departementet handsamar no tilsynets forslag til lovendringstiltak
Grøne innkjøp
Lova om offentlege innkjøp krev at det ved planlegginga av innkjøp vert teke omsyn til dei miljømessige konsekvensane av innkjøpet. Regjeringa har i 2007 vedteke ein eigen handlingsplan om miljø- og samfunnsansvar i offentlege innkjøp. Der vert det peikt ut konkrete tiltak som skal medverke til at det offentlege ber om produkt med høg standard knytt til miljø og etikk. Miljøbelastninga knytt til offentlege innkjøp skal reduserast. Dette er følgt vidare opp ved at det er laga miljøkriterium for innkjøp innanfor ulike kategoriar. Dette vil gjere det enklare for offentlege verksemder å vere miljømedvitne ved innkjøp.
Behandling av brot på innkjøpsregelverket
Riksrevisjonen har ved fleire høve påvist brot på reglane for offentlege innkjøp. Gjennom etableringa av Direktoratet for forvaltning og IKT, med ei eiga avdeling for offentlege innkjøp, har Regjeringa lagt grunnlaget for eit nasjonalt kompetansesenter for offentlege innkjøp og intensivert arbeidet sitt med å sikre betre, enklare og sikrare offentlege innkjøp. Direktoratet for forvaltning og IKT skal ha ei heilskapleg tilnærming til å forbetre og effektivisere offentlege innkjøp. Dette skal mellom anna gjerast gjennom å gi rettleiing og kurs, gjennom å ha fokus på å leggje til rette for samfunnsnyttige innkjøp og ved å gjere innkjøpsverktøy og elektroniske handelsløysingar tilgjengelege.
Regjeringa vil i 2009 leggje fram ei stortingsmelding om offentlege innkjøp. Meldinga skal medverke til at det offentlege etterlever innkjøpsreglane og at arbeidet med innkjøp i det offentlege vert ytterlegare profesjonalisert.
Klagenemnda for offentlege innkjøp (KOFA) er eit uavhengig organ med 10 medlemer som er oppnemnde av Kongen i statsråd. Sekretariatet for klagenemnda er administrativt underlagt Konkurransetilsynet. Nemnda handsamar klager om brot på lov om offentlege innkjøp med forskrifter. Leverandørar som har delteke eller ønskt å delta i ein tilbodskonkurranse, kan klage inn bl.a. statlege, fylkeskommunale og kommunale organ til Klagenemnda for offentlege innkjøp. Sidan 01.01.2007 har klagenemnda hatt fullmakt til å fastsetje gebyr ved ulovlege direkteinnkjøp. Nemnda skal sikre eit raskt og rimeleg klagealternativ på eit lågt konfliktnivå og medverke til auka kompetanse og rettsavklaringar på området. Då sakshandsamingstida i ein periode var for lang, fekk nemnda i 2007 auka budsjettrammer, og det vart sett som mål at frå hausten 2007 skulle den gjennomsnittlege sakshandshamingstida ikkje overskride 3 månader i saker som ikkje gjeld gebyr. Ved utgangen av 2007 var sakshandsamingstida innanfor dette kravet. Sjå elles omtale under kap.1550 Konkurransetilsynet.
Faktabasert gjennomgang av innretninga på konkurransepolitikken
I St.prp. nr. 1 for 2007–2008 varsla Fornyings- og administrasjonsdepartementet ein faktabasert gjennomgang av innretninga på konkurransepolitikken. Departementet ville følgje opp dette med å gjennomføre ei evaluering av heving av nasjonal terskelverdi og ei konsekvensutgreiing av eventuelle ytterlegare terskelverdihevingar, og dessutan innføring av forenkla kunngjeringsplikt for offentlege innkjøp under nasjonal terskelverdi. I tillegg ville departementet gjennomføre ei faktabasert utgreiing av røynsler med konkurranseutsetjing i eit utval av marknader. Departementet har gjennomført ei vurdering av terskelverdiane, men vil ikkje gå vidare med ei faktabasert utgreiing av erfaringar med konkurranseutsetjing.
Styring av Konkurransetilsynet
Departementet har gjennomført ei evaluering av etatsstyringa av Konkurransetilsynet. Evalueringa har lagt til rette for nye rutinar i sakshandsaminga, betra styringsdialogen med Konkurransetilsynet, og styrkt faglege prioriteringar og ressursdisponeringar.
Som eit ledd i evalueringa vil departementet krevje bruk av resultatindikatorar og analysemetodar i resultatrapporteringa til Konkurransetilsynet, og følgje opp dette i utarbeiding av tildelingsbrevet for 2009.
Oppfølging av visse marknader
Konkurranse er eit viktig verkemiddel få å nå sentrale samfunnsmessige mål om effektiv bruk av ressursane i økonomien. Nokre marknader som har fått særleg stor merksemd i 2007 er omtalte i kap. 1550 Konkurransetilsynet.
Kap. 1550 Konkurransetilsynet
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2007 | Saldert budsjett 2008 | Forslag 2009 |
01 | Driftsutgifter | 84 661 | 79 209 | 80 057 |
22 | Flyttekostnader, kan overførast | 1 467 | ||
23 | Klagenemnda for offentlege innkjøp | 6 285 | 5 000 | 5 220 |
Sum kap. 1550 | 92 413 | 84 209 | 85 277 |
Allmenn omtale
Konkurransetilsynet skal føre tilsyn med konkurranseforholda i norsk økonomi. Det rettslege grunnlaget for tilsynet si verksemd er konkurranselova og EØS-konkurranselova. Tilsynet skal blant anna føre kontroll med føretakssamanslutningar og handheve forboda mot misbruk av dominerande stilling og mot konkurransehemmande samarbeid. Konkurransetilsynet skal òg påpeike konkurransehemmande verknader av offentlege tiltak.
Konkurranselova vert handheva av Konkurransetilsynet, men det er dei næringsdrivande sjølve som har ansvar for å sjå til at føresegnene i lova vert følgde. Lova har strenge sanksjonsføresegner mot ulovlege kartellavtalar og misbruk av dominerande stilling, og dette gjer at verksemdene konkurrerer til fordel for forbrukarar og til fremje av eit effektivt næringsliv.
Rapport 2007
Handheving av forboda i konkurranselova
Konkurranselova forbyr i § 10 samarbeid som avgrensar konkurransen og i § 11 misbruk av dominerande stilling. Avdekking av ulovleg prissamarbeid, anbodssamarbeid og marknadsdeling er ei høgt prioritert oppgåve for Konkurransetilsynet. Internasjonale studiar tyder på at ulovleg kartellverksemd kan føre til prisar som ligg 15–40 pst. over det nivået ein ville hatt med sunn konkurranse. Kartell fører til auka kostnader, dårlegare produkt og svakare vekst og innovasjonsevne i økonomien på lang sikt.
Forboda i konkurranselova §§ 10 og 11 vert sanksjonerte av Konkurransetilsynet gjennom ilegging av overtredingsgebyr eller ved at forholdet vert meldt til politiet. Eit effektivt og handlekraftig tilsyn gjer det meir sannsynleg at bedriftene etterlever konkurranselovgivinga. Tilsynet arbeider med å auke den førebyggjande og preventive verknaden av arbeidet sitt mellom anna gjennom:
målretta informasjons- og rettleiingsverksemd om konkurranselovgivinga
kontinuerleg arbeid for å avdekkje konkurransekriminalitet gjennom ulike metodar for etterforsking og overvaking
gode samarbeidsrelasjonar med mellom anna offentlege innkjøparar og påtalemyndigheiter
effektive insentivordningar der mellom anna lempingsordningar står sentralt
Risikoen for å bli avslørt og straffa påverkar marknadsåtferda til bedriftene og fører til at færre tek sjansen på å bryte konkurranselova. Slike allmennpreventive effektar av tilsynets handheving og sanksjonering kan ikkje målast gjennom dei sakene som tilsynet faktisk handsamar. Avdekking av eit kartell i éin marknad verkar avskrekkande på eksisterande kartell i andre marknader, og medverkar til færre kartell i framtida. På bakgrunn av dei store skadeverknadene av brot på forbodsføresegnene er etterforsking av konkurransekriminalitet blitt prioritert ved oppbygginga av tilsynet i Bergen. Avdekking av lovbrota stiller krav til både taktiske og tekniske sider ved etterforskingsfunksjonen i tilsynet. I 2007 starta tilsynet eit arbeid med å styrkje etterforskingsfunksjonen både når det gjeld ressursar og kompetanse. Tilsynet har mellom anna sett i verk følgjande tiltak:
oppretting av ein eigen etterforskingsseksjon i tilsynet med medarbeidarar med særleg kompetanse innan teknisk og taktisk etterforsking og bruk av tvangsmiddel, som gjennomføring av bevissikring og forklaringsopptak
skaffa spesialutvikla elektronisk programvare og etablert eit moderne datalaboratorium. Tilsynet er i front blant konkurransemyndigheiter internasjonalt på å sikre elektroniske bevis
igangsetjing, utvikling og bruk av metodar for å identifisere marknader som er eller kan vere særleg utsette for kartellverksemd
ei meir systematisk og målretta innsamling og bearbeiding av tips og opplysningar vil kunne medverke til å avsløre fleire kartell. I 2007 mottok Konkurransetilsynet 58 klager og tips om moglege brot på lova. Tilsynet har avslutta eit tips- og kjeldehandteringsprosjekt der det vert sett opp retningslinjer for å handtere og systematisere denne typen informasjon
Konkurransetilsynet handsama ei rekkje saker etter forbodsføresegnene:
etter gjennomført bevissikring og forklaringsopptak har Konkurransetilsynet gitt Borregaard AS og Brenntag AS to overtredingsgebyr for brot på konkurranselovas § 10 knytte til samarbeid innanfor eddiksyremarknaden. Føretaka godtok gebyra
Konkurransetilsynet påla i februar 2007 TINE eit overtredingsgebyr på 45 mill. kroner for utilbørleg utnytting av dominerande stilling og konkurranseavgrensande samarbeid. TINE har anka spørsmålet om overtredingsgebyret inn for domstolen
i 2005 påla Konkurransetilsynet SAS eit overtredingsgebyr på 20 mill. kroner for brot på konkurranselova § 11. SAS tok saka inn for Oslo tingrett som oppheva tilsynet sitt vedtak, men Konkurransetilsynet anka dommen til Borgarting lagmannsrett. I 2007 inngjekk likevel SAS og tilsynet eit forlik. Tilsynet heldt fast ved at SAS har brote konkurranselova, men endra konklusjonen om å gi overtredingsgebyr ettersom overtredinga skjedde kort tid etter at den nye konkurranselova tredde i kraft
Tilsynets etterforsking av SAS i 2005 avdekte dokumentbevis som stod sentralt i Økokrims etterforsking av SAS-Braathens om misbruk av forretningsløyndomar (Amadeussaka). Rettskraftig dom frå høgsterett vart kunngjord i desember 2007
Konkurransetilsynet handsama klage frå LinPro AS på Microsofts misbruk av dominerande stilling i samband med Fylkesavtalen. Etter ei omfattande sakshandsaming frå tilsynets side endra Microsoft Fylkesavtalen på vesentlege punkt for å imøtekomme tilsynets innvendingar mot for sterke lisensieringskrav knytte til rabattordningar og bruk av konkurrerande programvare. Med endringane fall tilsynets konkurransemessige innvendingar mot Microsofts Fylkesavtale bort og saka vart avslutta
Konkurransetilsynets undersøkingar i samband med rapporten «Betaling for hylleplass - virkninger for konkurransen i dagligvaremarkedet i Norge» i 2005 viste at daglegvarekjedene sat på detaljert informasjon om prisar og omsetning hos kvarandre, og at utveksling av informasjon i regi av ACNielsen var ei vesentleg kjelde til dette. Tilsynet meinte informasjonsutvekslinga skadde konkurransen og vurderte på denne bakgrunnen å gripe inn mot den vekentlege prisinformasjonsutvekslinga gjennom analysebyrået AC Nielsen. Etter å ha blitt orientert om tilsynets vurderingar, valde partane i 2007 sjølve å endre praksis
Konkurransetilsynet vedtok i mai 2007 at Tide Reiser AS og Veolia Transport ikkje lenger får samarbeide om drifta av ekspressbussruta Kystbussen som trafikkerer strekninga Bergen-Stavanger. Tilsynet påla partane å avslutte samarbeidet innan 01.01.2008. Samarbeidet føregår framleis mens ein ventar på utfallet av ei høyring send ut første del av 2008, der Fornyings- og administrasjonsdepartementet føreslo å unnta drift av ekspressbussruter frå konkurranselova § 10 gjennom ei eiga forskrift. Unntaket skal berre gjelde samarbeid etablert før det vart opna for konkurranse i denne marknaden
I 2007 har tilsynet gjennomført ti omfattande bevissikringar knytte til fem ulike saker. To av desse sakene gjaldt assistanse til EFTAs overvakingsorgan.
Kontroll med føretakssamanslutningar
I Noreg gjeld alminneleg meldeplikt ved føretakssamanslutningar. Det er dei føretak eller næringsdrivande som samla eller kvar for seg varig overtek kontroll over eitt eller fleire føretak, det vere seg ved fusjonar, oppkjøp og avtalar som har plikt til å melde frå til tilsynet dersom dei ved samanslutninga får ein samla omsetnad som overstig visse terskelverdiar.
Frå 0l.01.2007 er reglane endra slik at den alminnelege meldeplikta berre gjeld når dei involverte føretaka har ein samla årleg omsetnad i Noreg på minst 50 mill. kroner og begge føretaka omset for meir enn 20 mill. kroner årleg. Hevinga av terskelverdiane for meldeplikta har medført at talet på meldingar for fusjonar og oppkjøp til Konkurransetilsynet vart redusert med 25 pst. i fyrste kvartal 2007 samanlikna med tilsvarande periode i 2006. I 2007 mottok Konkurransetilsynet 561 meldingar om fusjonar og oppkjøp.
Konkurransetilsynet skal gripe inn mot fusjoner og oppkjøp som vil føre til eller forsterke ei vesentleg avgrensing av konkurransen i strid med konkurranselovas mål om effektiv bruk av samfunnets ressursar. Dei aller fleste føretakssamanslutningar som vert melde til Konkurransetilsynet er uproblematiske. Heile 97 pst. av dei 561 mottekne meldingane om fusjonar og oppkjøp i 2007 vart gjennomførte utan innvendingar frå tilsynet. Dette er oppkjøp eller fusjonar som medverkar til omstrukturering i norsk næringsliv utan å ha konsekvensar som strir mot konkurranselova sitt formål. Tilsynets handsaming av fusjonssaker er effektiv ved at saker som ikkje gir grunn for uro i høve til konkurransen vert lagde til side raskt, og ved at ressursane vert prioriterte til å handsame konkurransemessig viktige saker. Eksempel på saker:
Konkurransetilsynet vedtok i februar 2007 å forby den planlagde fusjonen mellom Trøndertaxi AS og Sør-Trøndelag Taxi AS. Tilsynet meinte at ein allereie vesentleg avgrensa konkurranse i marknaden for drosjetransport i Sør-Trøndelag ville bli ytterlegare svekt ved ein fusjon
Konkurransetilsynet godkjende i juni 2007 Media Norge-fusjonen på vilkår som skal sikre at kundar og konkurrentar får naudsynt tilgang til trykkeritenester i åra framover
Konkurransetilsynet avgjorde i mai 2007 at Findus Norge AS fekk kjøpe Gro Industrier AS på vilkår om at Findus leverer råvarer til konkurrentar i marknaden for blanding og pakking av fryste grønsaker til daglegvare- og storhushaldsmarknaden. Findus kan ikkje levere til dårlegare vilkår enn det Gro hadde gjort tidlegare. Vilkåra sikrar marknadstilgang
Konkurransetilsynet greip i juni 2007 inn mot fusjonen mellom Bankenes Betalingssentral (BBS) og Teller. Fusjonen vart godkjend på vilkår som skal sikre tilgang til naudsynt infrastruktur frå BBS i marknadene for innløysing og betalingsterminalar. Tilsynet følgjer opp vedtaket gjennom ein forvaltar som fører jamleg kontroll med at vilkåra vert etterlevde
Konkurransetilsynet vedtok i november 2007 at Nortura fekk kjøpe Hå Rugeri på vilkår av at alle eksisterande og eventuelle nye slaktekyllingprodusentar får tilgang til slaktekyllingar på like vilkår
På grunn av konkurranselovgivinga, eksistensen av eit Konkurransetilsyn, og den presedens som vert skapt gjennom dei konkurransesakene som vert behandla, vil føretakssamanslutningar som openbert er konkurranseskadelege ikkje bli gjennomførte. Dei føretakssamanslutningane som vert melde til tilsynet vil vere saker som anten er uproblematiske eller saker der det må gjennomførast ei inngåande vurdering for å få klarlagt dei konkurransemessige effektane. For å vurdere dei preventive verknader av Konkurransetilsynets fusjonskontroll, vil Konkurransetilsynet gjennomføre ei spørjeundersøking.
Andre sentrale oppgåver
Etter konkurranselova § 9 c, skal Konkurransetilsynet føre tilsyn med konkurransen i dei forskjellige marknadene, «herunder iverksette tiltak for å øke markedenes gjennomsiktighet». I tildelingsbrevet for 2007 presiserte departementet at tilsynet må påleggje prisinformasjon dersom det er naudsynt for å fremje konkurransen i ein marknad. Dette arbeidet er koordinert med Forbrukarombodet som er ansvarleg for tilsynet med prismerkingsføresegnene. Forbrukarrådet, Forbrukarombodet og Konkurransetilsynet har bl.a. etablert eit fast samarbeidsforum.
Konkurransetilsynet har i 2007:
vidareutvikla si nettbaserte kraftprisoversikt som gjer det enklare for forbrukarane å vurdere byte av kraftleveringsavtale eller kraftleverandør
medverka til etablering av Finansportalen i januar 2008 som gjer informasjon og samanlikning enklare for forbrukarane i marknadene for bank og forsikring
medverka til rapport om bankbyte som konkluderer med at bransjen skal gjere det enklare for forbrukarane å byte bank
tilsynet har i samsvar med samarbeidsavtalar gjennomført faste møte og samarbeid med Post- og teletilsynet, NVE og Kredittilsynet
Vidare skal Konkurransetilsynet etter konkurranselova § 9 e påpeike konkurranseregulerande verknader av offentlege tiltak, eventuelt ved å leggje fram forslag med sikte på å styrkje konkurransen og gjere det lettare for nye konkurrentar å kome inn på marknaden. Konkurransetilsynet skal medverke til at offentlege reguleringar eller tiltak vert utforma på ein slik måte at måla ved reguleringane vert ivaretekne samtidig som uheldige verknader ved konkurransen vert minst mogleg. I 2007 har Konkurransetilsynet gitt 58 høyringsfråsegner og påpeikingar med merknader av interesse vedrørande reguleringar som tilsynet meiner kan ha skadelege verknader for konkurransen.
Konkurranselova pålegg Konkurransetilsynet å rettleie føretak vedrørande lovforståing, rekkjevidd og bruk av lova i enkeltsaker. I 2007 har tilsynet følgt opp dette ved at ein har:
utvida eigne internettsider ytterlegare for å sikre lett tilgang til alle vedtak, fråsegner og rettleiingar for publikum
gjennomført konferansar og seminar arrangert av Konkurransetilsynet med sikte på å spreie kompetanse på områda kartellbekjemping, innovasjon og konkurranse og vertikale restriksjonar
gjennomført opne møte i Konkurranseøkonomisk og Konkurransejuridisk forum og halde ei rekkje foredrag om konkurransepolitikk
hatt kontakt og informasjonsmøte med bl.a. NHO, HSH og FNH og Sparebankforeningen
publisert ei eiga brosjyre om lempingsføresegnene
i januar starta tilsynet eit samarbeid med NHO knytt til informasjon til næringsdrivande om konkurranselova
Særskilde bransjar
Departementet bad Konkurransetilsynet om å følgje opp særskilde bransjar i 2007:
Luftfart: Konkurransetilsynet har levert ei utgreiing til departementet om verknadene av å innføre eit generelt forbod mot bonusopptening i innanriks luftfart. Med bakgrunn i bl.a. utgreiinga vedtok departementet i juni 2007 ei forskrift om forbod mot bonusprogram i innanriks luftfart.
Bokbransjen: Ved ny bransjeavtale i 2005 vart prissamarbeidet i bokbransjen delvis avvikla. Konkurransetilsynet starta i 2007 arbeidet med ei oppdatert evaluering knytt til verknadene av denne delvise avviklinga. Innsamling og analyse av prisar og omsetningsdata vart avslutta sommaren 2008. Ei tilsvarande undersøking frå 2006 kunne måle den kortsiktige verknaden av den nye bokavtalen. Konklusjonen den gong var at regelverksendringane ser ut til å stimulere boksalet. 2008 vil gi ein indikasjon på korleis høgare rabattar gir seg utslag på prisene innanfor dei fleste bokgrupper.
Meierisektoren: I april 2007 oversende Konkurransetilsynet til departementet ei evaluering av verknadene av dei endringane i forsyningsplikta for mjølk som vart gjennomførte i 2004. Rapporten viser at Tine i dei fleste produktmarknader har ei dominerande marknadsstilling, mens konkurrentane berre driv verksemd innan ein eller nokre få produktmarknader. Tilsynet såg trongen for å innføre ei overvakingsordning for dei viktigaste og mest konkurranseutsette meieriprodukta som kan avdekkje om Tine føretek marginskvis eller predasjonsprising. Ordninga er no etablert.
Programvaremarknaden: Konkurransetilsynet har i 2007 prioritert oppfølging og gjennomgang av konkurranseforholda i marknadene for programvarer og har utarbeidd rapporten «Konkurranse og innovasjon i programvaremarkedene». Rapporten ser på sentrale forhold ved programvaremarknadene som er viktige for konkurransen og konkurransemyndigheitene si rolle i desse marknadene.
Konkurransetilsynet gjennomførte hausten 2007 ein analyse av konkurranseverknader av eksklusivavtalar i TV-marknaden. Kartlegginga av ulike konkurransemessige problemstillingar i marknaden vert følgd opp i 2008 med sikte på å gi Konkurransetilsynet auka kunnskap i ein marknad med stor teknologisk utvikling og etableringa av bakkenettet som fører til endringar i marknadsstrukturen på TV-marknaden.
Klagenemnda for offentlege innkjøp
Klagenemnda for offentlege innkjøp handsamar klager om brot på lov om offentlege innkjøp med tilhøyrande forskrifter. Leverandørar som har delteke eller ønskt å delta i ein anbodskonkurranse, kan klage inn mellom anna statlege, fylkeskommunale og kommunale organ til Klagenemnda for offentlege innkjøp. 01.01.2007 fekk nemnda myndigheit til å tildømme overtredingsgebyr for ulovlege direkteinnkjøp, dvs innkjøp som ikkje er kunngjorde etter regelverket. Slike brot ser ein på som dei alvorlegaste, ettersom manglande kunngjering held innkjøp unna konkurranse. Klagenemnda for offentlege innkjøp tildømde det første gebyret i 2007 mot Statens vegvesen på 1 mill. kroner.
Klagenemnda for offentlege innkjøp avgjorde 217 saker i 2007. Av desse sakene vart det konstatert brot i 115 saker. Dette er ein markant auke frå tidlegare år. Forklaringa kan vere at leverandørane i større grad enn før har kunnskap om regelverket og klagegrunnlag. Løyvinga til Klagenemnda for offentlege innkjøp vart styrkt med ei ekstraløyving på 1,2 mill. kroner i 2007. Sakshandsamingstida vart monaleg redusert og i oktober 2007 nådde nemnda målet om ei gjennomsnittleg sakshandsamingstid på under 3 månader.
Mål og strategiar 2009
Hovudmåla for Konkurransetilsynets arbeid i 2009 vil vere:
effektiv handheving av konkurranselova med tilhøyrande forskrifter og oppfølging av EØS-konkurranselova
tilstrekkeleg vektlegging av konkurranseomsyn innanfor andre politikkområde der Regjeringa ønskjer konkurranse
synleggjere resultata av Konkurransetilsynet sitt arbeid
sikre effektiv sakshandsaming i sekretariatet for Klagenemnda for offentlege innkjøp
Tilsynet fekk i samband med revidert budsjett for 2008 løyvd 4,4 mill. kroner for å styrkje handheving av konkurranselova. Konkurransetilsynets tiltak er konsentrerte om ei styrking av arbeidet med motarbeiding av kartell. Satsinga på motarbeiding av kartell er ei langsiktig strategisk prioritering. Tilsynet vil vidareføre arbeidet med prosjektet om avdekking av kartellverksemd i bestemde bransjar i 2009.
Konkurransetilsynet vil i 2009 halde fram med arbeidet med å få naudsynte endringar i konkrete saker utan formelle vedtak og halde fram praksisen med å avgrense ressursbruken knytt til behandling av klager over moglege brot på konkurranselova som tilsynet ikkje finn grunnlag for å prioritere.
I 2009 vil Konkurransetilsynet prioritere oppfølginga av konkurransen i utvalde næringar med konkurranseutfordringar.
Budsjett 2009
Post 01 Driftsutgifter
Konkurransetilsynet hadde per 01.07.2008 87 årsverk. Posten dekkjer løns- og driftsutgifter for vanleg drift i Konkurransetilsynet.
Post 23 Klagenemnda for offentlege innkjøp
Posten dekkjer løn og driftsutgifter til sekretariatet for Klagenemnda for offentlege innkjøp. Vidare vert det dekt honorar og andre utgifter for medlemene av nemnda.
Kap. 4550 Konkurransetilsynet
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2007 | Saldert budsjett 2008 | Forslag 2009 |
02 | Ymse inntekter | 1 135 | 201 | 210 |
03 | Lovbrotsgebyr | 935 | ||
16 | Refusjon av fødselspengar/adopsjonspengar | 2 046 | ||
18 | Refusjon sjukepengar | 1 106 | ||
Sum kap. 4550 | 5 222 | 201 | 210 |
Post 02 Ymse inntekter
Posten gjeld inntekter for gebyr i tilknyting til Klagenemnda for offentlege innkjøp.
Post 03 Lovbrotsgebyr
Gebyr kan mellom anna tildømmast ved brot på konkurranselova sitt forbod mot samarbeid som avgrensar konkurransen, utilbørleg utnytting av dominerande stilling og påbodet om alminneleg melding av føretakssamanslutningar. Etter at EØS-konkurranselova av 2004 vart sett i verk, kan Konkurransetilsynet òg tildømme gebyr ved brot på dei tilsvarande føresegnene i EØS-avtalen artikkel 53 og 54.
Ved dei alvorlegaste brota kan det tildømmast gebyr på inntil 10 pst. av den årlege omsetnaden til eit føretak.
For å tvinge fram oppretthalding av einskiltvedtak etter konkurranselova av 2004, kan Konkurransetilsynet gi tvangsmulkt som går til tilhøvet er retta. Det same gjeld for å sikre at pålegg om å gi opplysingar etter krava i lova vert oppfylte.
Det er uvisst kor stor den samla summen for gebyr og tvangsmulkt kan verte. Det er difor ikkje gjort framlegg om løyving på denne posten.
Programkategori 01.60 IKT-politikk
Utgifter under programkategori 01.60 fordelte på kapittel
(i 1 000 kr) | |||||
---|---|---|---|---|---|
Kap. | Nemning | Rekneskap 2007 | Saldert budsjett 2008 | Forslag 2009 | Pst. endr. 08/09 |
1560 | Spesielle IKT-tiltak | 244 254 | 60 899 | 17 463 | -71,3 |
1561 | Internasjonalt IKT-samarbeid og utviklingsprogram | 14 817 | 22 500 | 20 149 | -10,4 |
1562 | Tilskot til elektronisk samhandling og forenkling av forretningsprosessar | 1 400 | 1 400 | 5 238 | 274,1 |
1563 | IKT-tryggleik | 4 000 | 4 000 | 4 176 | 4,4 |
Sum kategori 01.60 | 264 471 | 88 799 | 47 026 | -47,0 |
Hovudutfordringar og utviklingstrekk
I april 2007 handsama Stortinget den første heilskaplege stortingsmeldinga om IKT-politikk, St.meld. nr. 17 (2006–2007) «Eit informasjonssamfunn for alle». Meldinga dekkjer emne som digital kompetanse, IKT-forsking, IKT-næringane, døgnopen forvaltning, personvern og IKT-tryggleik. Sentrale tema i meldinga er trongen for fellesløysingar og fellesinnsats, at alle skal kunne delta i informasjonssamfunnet, og realiseringa av gevinstpotensialet som ligg i riktig bruk av IKT. Regjeringa arbeider no etter føringane i meldinga og gjennomfører konkrete tiltak som var presenterte der.
IKT er i dag den viktigaste drivaren for økonomisk vekst generelt, for innovasjon og fornying i offentleg og privat sektor og er såleis sentral for å auke produktiviteten og konkurranseevna. Informasjonsteknologien inngår i dei fleste infrastrukturane i samfunnet, og er ei samfunnsomformande kraft fordi den påverkar sosiale mønster og åtferd. IKT-utviklinga går raskt og ofte i uventa retningar. Statistikk syner at stadig fleire tek teknologien i bruk, og på nye måtar.
Regjeringa vil ha ei aktiv haldning til sosiale medium. Utviklinga og utbreiinga av sosiale medium (Web 2.0) har etter kvart blitt ein stadig viktigare del av informasjonssamfunnet. Medan dei første brukarane av nettsamfunna i hovudsak var ungdom, ser trenden no til å vere at fleire og fleire av den vaksne delen av befolkninga tek i bruk desse kanalane for dialog og kommunikasjon. Rolla nettsamfunna har som arena for kommunikasjon og dialog, gjer at dei kan ha ein plass i demokratiske prosessar.
Målet er eit informasjonssamfunn for alle med ei brukarvennleg og døgnopen elektronisk forvaltning. Ein viktig føresetnad for dette er innføring av felles eID-løysingar for innbyggjarane. Innbyggjarportalen Miside vann i september 2007 ein EU-pris for framifrå e-forvaltningsløysingar og viser at Noreg er i front i utviklinga av innbyggjarretta elektroniske tenester. Det er òg arbeidd vidare med å etablere felles arkitekturprinsipp for offentleg sektor.
Tilgang til elektronisk infrastruktur er naudsynt i eit informasjonssamfunn for alle. Regjeringa vil derfor sikre tilbod om breiband til heile landet, og ved utgangen av 2008 er det venta at breibandsdekninga omfattar om lag 99,8 pst av husstandane. Effekten av om lag 190 mill. kroner til breiband over budsjettet for 2008 er forventa å kome først i 2009. Målet om breiband til alle er då innan rekkjevidd. Det inneber at Regjeringa si satsing på å gi tilbod om breiband til alle har vore vellukka.
I dag har om lag 73 pst. av dei som har tilbod kopla seg på breiband. Regjeringa arbeider for at fleire skal ta i bruk breiband.
Det trengst auka kapasitet blant dei som allereie har breiband. Tilbydarane i marknadene vil i mange tilfelle levere den kapasiteten brukarane etterspør, men kanskje særleg i grisgrendte område er det ein risiko for at det ikkje skjer. Regjeringa følgjer denne utviklinga nøye.
Digital deltaking og inkludering er ei overordna målsetting. Vi er mellom dei fremste landa i verda når det gjeld folks tilgang til og bruk av IKT. Når heile samfunnet er retta mot bruk av IKT-løysingar, er det vanskeleg å stå utanfor. Digital inkludering er derfor stadig viktigare, til dømes når det gjeld eldre og funksjonshemma. Diskriminerings- og tilgjengelegheitslova vart vedteken av Stortinget i vår. Eit viktig element i lova er krav om at IKT-løysingar, til dømes nettløysingar eller automatar retta mot allmenta, skal vere universelt utforma. Krava gjeld frå 01.07.2011 for nye IKT-løysingar. Det er òg sett i gang aktivitetar for å auke den digitale kompetansen slik at flest mogeleg skal kunne delta i informasjonssamfunnet.
Regjeringa har sett i gang eit langsiktig arbeid med å fastsetje IKT- standardar som skal nyttast i forvaltninga. Bruk av opne standardar vil kunne fremje samhandlinga internt i forvaltninga, samstundes som publikum vil kunne få tilgang til offentleg informasjon utan å måtte nytte program frå ein einskild leverandør. Standardane vert samla i ein referansekatalog. Første versjon av Referansekatalogen vart publisert i desember 2007, og omfattar tilrådingar og obligatoriske krav om bruk av standardar i samband med publisering av dokument på offentlege internettsider. Det er under vurdering å utarbeide forskrift om bruk av dei obligatoriske forvaltningsstandardane. I løpet av 2009 vil Referansekatalogen verte utvida til standardar som dekkjer fleire formål og fagområde innan offentleg sektor.
Regjeringa ønskjer at fri programvare i større grad vert teken i bruk i offentleg sektor der den er eigna. Auka bruk av fri programvare kan opne for gjenbruk av løysningar på tvers av offentlege verksemder og kan danne grunnlag for auka kompetanseutvikling i samfunnet. Regjeringa vurderer å innføre ein preferansepolitikk for fri programvare, og på annan måte stimulere til meir deling av programvare. Hausten 2007 vart eit nasjonalt kompetansesenter for fri programvare etablert med støtte frå Kunnskapsdepartementet og Fornyings- og administrasjonsdepartementet. Kompetansesenteret skal vere ein ressurs for offentlege verksemder som ønskjer å ta i bruk fri programvare. Det er òg løyvd midlar frå Fornyings- og administrasjonsdepartementet til einskilde utviklingsprosjekt som vil kunne ha ein positiv verknad på utbreiinga av fri programvare i forvaltninga.
Internasjonalt peikar stadig fleire på korleis IKT kan vere med på å løyse miljøutfordringane. IKT kan til dømes gi utsleppsreduksjonar gjennom redusert transportbehov ved elektronisk samhandling (jf. videokonferansar og fjernarbeid), meir effektiv produksjon og energibruk (jf. intelligent styring) og overgang frå fysiske til digitale varer og tenester (jf. musikk, film, aviser, elektroniske betalingsløysingar over nett). Regjeringa legg derfor vekt på å oppnå miljøgevinstar ved bruk av IKT i offentleg sektor.
Ei akselererande teknologisk utvikling og aukande bruk av IKT både privat og i arbeidslivet fører med seg nye kommunikasjonsformer og interaktive tenester. Det gir mange nye moglegheiter, men det oppstår òg utfordringar i heile samfunnet, til dømes knytte til personvern og misbruk av identitet. Samfunnet har vorte meir sårbart for driftsavbrot i system og nett. Dette heng saman med at Internett er eit ope system. Kompleksiteten i system og nett har auka, og det er meir organisert kriminalitet som utnyttar dei svake delane i nettet. Nye bruksmåtar kan vise seg å ha svake sider som det ikkje er teke nok omsyn til. Desse utviklingstrekka viser at ein må gi akt på informasjonstryggleiken.
Hovudmål og strategiar
Fornyings- og administrasjonsdepartementet har ansvaret for å utforme IKT-politikken og leggje til rette for at ein skal kunne handtere dei tverrsektorielle utfordringane informasjonssamfunnet står framfor. Fagdepartementa er ansvarlege for å nå mål innanfor sine fagområde.
Direktoratet for forvaltning og IKT vart oppretta 01.01.2008 for å styrkje gjennomføringskrafta mellom anna innanfor arbeidet med IKT i offentleg sektor. Direktoratet for forvaltning og IKT har ansvar for å følgje opp fleire tiltak innanfor IKT-området, til dømes innbyggjarportalen Miside, jf. kap.1521. Hovudmåla for IKT-politikken ligg fast og er nedfelte i St.meld. nr. 17 (2006–2007) og eNorge-planane. Oppfølging av meldinga så langt syner at det trengst betre koordinering på tvers av sektorar og område. Fornyings- og administrasjonsdepartementet vil arbeide for:
auka bruk av opne standardar
auka bruk av fri programvare i offentleg sektor og å stimulere framvekst av løysingar baserte på fri programvare
å etablere ein offentleg infrastruktur for elektronisk ID og elektroniske signaturar
å utvikle gode offentlege elektroniske tenester
digital inkludering gjennom blant anna kompetanseløft for å redusere digitale skilje
å samordne IKT-arkitekturen i offentleg sektor
å etablere universelt utforma IKT-løysingar i samfunnet
å følgje opp Nasjonale retningslinjer for informasjonstryggleik
at fleire tek i bruk breiband
å skape miljøvinstar ved bruk av IKT i offentleg sektor
styrkt samordning av IKT-politikken gjennom koordinering og deltaking i relevante aktivitetar nasjonalt og internasjonalt.
Kap. 1560 Spesielle IKT-tiltak
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2007 | Saldert budsjett 2008 | Forslag 2009 |
22 | Samordning av IKT-politikken, kan overførast | 23 031 | 50 899 | 17 463 |
50 | Breiband, kan overførast | 221 223 | 10 000 | |
Sum kap. 1560 | 244 254 | 60 899 | 17 463 |
Post 22 Samordning av IKT-politikken, kan overførast
Allmenn omtale
Ein aktiv offentleg IKT-politikk trengst for å møte utfordringar knytte til samanhengande offentlege løysingar, klimautfordringane, datatryggleik, personvern, identitetsmisbruk, digital kompetanse og digital inkludering
Måla i IKT-politikken er lagde fram i St.meld. nr. 17 (2006–2007) om eit informasjonssamfunn for alle.
Fornyings- og administrasjonsdepartementet er ansvarleg for å utforme og sørgje for gjennomføringa av IKT-politikken. Dette inneber ansvar for å samordne og leggje premissar for innsats og prioriteringar innan utvikling og bruk av IKT på alle samfunnsområde. Løyvinga dekkjer utgifter til samordning av IKT-politikken.
Fornyings- og administrasjonsdepartementet er pådrivar i høve til andre departement på IKT-området. Departementet skal identifisere, koordinere og følgje opp område der tverrgåande initiativ er nødvendig. IKT-politikken er grenseoverskridande og inngår i dei fleste av dei tradisjonelle politikkområda. Det er såleis trong for tverrgåande initiativ. Døme på sektorovergripande spørsmål er felles infrastruktur for elektronisk ID i samfunnet, personvern, informasjonstryggleik, og trygg og etisk forsvarleg bruk av internett. Fornyings- og administrasjonsdepartementet har derfor òg eit overordna gjennomføringsansvar på det tverrsektorielle IKT-området. Samordningsansvaret omfattar òg koordinering av norsk internasjonal deltaking på IKT-området, i tillegg til utarbeiding av gevinstanalysar, oversikter og statistikk for utvikling og bruk av IKT i Noreg.
Direktoratet for forvaltning og IKT skal gjennomføre sentrale mål gjennom oppfølging av stortingsmeldinga når det gjeld effektivisering, kvalitetsforbetring og brukarretting av offentleg forvaltning med IKT, i tillegg til ein del andre tiltak. Fornyings- og administrasjonsdepartementet har i 2008 gjort ei omfordeling av samordningsmidlar frå kap. 1560 post 22 til Direktoratet for forvaltning og IKT på kap. 1521. Dette gjer direktoratet i stand til å gjennomføre sin del av oppgåvene innanfor IKT-politikken.
Rapport 2007
St.meld. nr.17 (2006 –2007) og eNorge 2009
St.meld. nr. 17 (2006–2007) «Eit informasjonssamfunn for alle», har eit breitt perspektiv på utfordringane. Regjeringa sitt hovudmål er eit informasjonssamfunn for alle, og meldinga skisserer ei rekkje tiltak for å nå hovudmålet. eNoreg-planane la grunnlag for ei offensiv tilnærming til IKT-utfordringane som samfunnet stod overfor.
Mange av problemstillingane har ei kompleks innretning som krev godt samarbeid og samordning på tvers av sektorar. Døme på tiltak der ein er komen eit godt stykke på veg er tiltak retta mot elektroniske tenester, breiband, opne standardar, fri programvare og deltaking i handlingsprogram på IKT-området i EU. Døme på område der ein er komen godt i gang med arbeidet, men kor det kan ta tid før ein kan vurdere resultat, er digitale skilje og elektronisk ID og signatur.
Opne standardar
Departementet arbeider for at offentleg sektor på ein systematisk måte nyttar opne standardar i IKT-systema. På denne måten kan vi få betre elektronisk samhandling, både internt i offentleg sektor og i kommunikasjonen med innbyggjarar og næringsliv. Opne standardar vil gi lik tilgang til offentlege tenester, uavhengig av kva slags datautstyr den einskilde har. Ved å basere seg på opne standardar kan offentlege verksemder òg redusere bindingane sine til einskilde IKT-leverandørar, (jf. St.meld. nr. 17 (2006–2007), tiltak 7.5, 7.11)
Fornyings- og administrasjonsdepartementet har etablert eit breitt samansett Standardiseringsråd som gir departementet tilrådingar om bruk av opne standardar i det offentlege, såkalla forvaltningsstandardar. Vedtekne retningslinjer om konkrete standardar som offentlege verksemder skal eller bør leggje til grunn i IKT-systema sine, vert samla i referansekatalogen som er tilgjengeleg på regjeringa.no. Første versjon av Referansekatalog for IT-standardar i offentleg sektor vart publisert i desember 2007. Den omfattar anbefalingar og obligatoriske krav om bruk av dei opne standardane HTML, PDF og ODF i samband med publisering av dokumenter på offentlege internettsider. Direktoratet for forvaltning og IKT er frå 01.08.2008 sekretariat for Standardiseringsrådet.
Elektronisk ID og signatur i offentleg sektor (eID)
Målet for arbeidet er å innføre og ta i bruk eID på ein kostnadseffektiv og enkel måte for offentlege verksemder, innbyggjarane og næringslivet. Samordna bruk av eID er naudsynt for at offentleg sektor i stor skala skal kunne leggje om tenesteytinga frå papirbaserte kanalar til elektroniske (jf. St.meld. nr. 17 (2006–2007), tiltak 7.6).
Ein strategi for eID i offentleg sektor er lagd fram og handsama i ei omfattande høyring. Departementet vil mellom anna etablere ei felles løysing for handsaming av eID. Direktoratet for forvaltning og IKT har ansvaret for den praktiske gjennomføringa, jf. ny post 23 under kap 1521.
Fri programvare
Regjeringa arbeider for at fri programvare i større grad vert teken i bruk i offentleg sektor. Ein kultur for å dele eigenutvikla programvare vil kunne kome organisasjonar, verksemder og innbyggjarar til gode. Bruk av fri programvare kan gjere det mogleg med gjenbruk av løysingar på tvers av offentlege verksemder. For kommunar, som i stor grad tilbyr same type tenester til brukarane sine, vil dette kunne føre til lågare utgifter til innkjøp og utvikling av programvare. Også innbyggjarar og verksemder kan med fri programvare få lågare kostnader for både eingongsinvesteringar på lisensar og jamlege utgifter til vedlikehald, feilretting og oppgraderingar. Auka bruk av fri programvare i offentleg sektor vil kunne minske leverandørbindingar som kan vere usunne for konkurransen i programvaremarknaden, og kan òg skape grunnlag for auka kompetanseutvikling og innovasjon i samfunnet.
Hausten 2007 vart eit nasjonalt kompetansesenter for fri programvare etablert med støtte frå Kunnskapsdepartementet og Fornyings- og administrasjonsdepartementet. Same haust vart det løyvd støtte til fleire utviklingsprosjekt med ein positiv verknad på utbreiinga av fri programvare og opne standardar i forvaltninga. Regjeringa vurderer å innføre ein preferansepolitikk for fri programvare, og på annan måte stimulere til meir deling av programvare innan det offentlege.
Digital deltaking og inkludering
Målet er å skape ein politikk som legg til rette for at så mange som mogleg kan delta i informasjonssamfunnet. Kompetanse, tilgang og generell tilgjengelegheit må vere nøkkelfaktorar (sjå òg omtale av universell utforming, jf. St.meld. nr. 17 (2006–2007), kap. 4)
Arbeidet for digital deltaking og inkludering følgjer to overordna hovudlinjer:
medverke til at ulike grupper ikkje vert hengjande etter når det gjeld tilgang og bruk
vidareutvikle kunnskapsgrunnlaget på feltet og fylgje utviklingstrekk og trendar med tanke på IKT- og samfunnsutviklinga generelt
Departementet gir støtte til initiativ retta mot eldre (til dømes Seniornett). Senter for seniorpolitikk har, i samarbeid med andre aktørar, leidd eit prosjekt støtta av Fornyings- og administrasjonsdepartementet med fokus på arbeidsplassen som læringsarena. Departementet har òg støtta opplæringstiltak retta mot kvinner med minoritetsbakgrunn (Oslo kommune). I tillegg har departementet, i samarbeid med Kunnskapsdepartementet, teke initiativ til eit prosjekt i regi av Høgskolen i Oslo, som har fokus på barn og barnehagar sin bruk av IKT og digitale medium.
I 2007 sette Fornyings- og administrasjonsdepartementet i gang studiar, utført av Universitetet i Oslo og Sintef IKT, for å få eit betre kunnskapsgrunnlag om utviklingstrekk ved tenester og bruk av Web 2.0-teknologi eller sosial web (facebook, YouTube, Nettby osv). Studien utført av Universitetet i Oslo peikar på at staten i større grad bør gjere informasjonen meir delbar. Ein delrapport om sosiale nettstader og brukarskapt innhald, utført av SINTEF IKT, vil òg sjå nærare på dette, og samle røynsle og døme frå andre land, mellom anna Storbritannia og USA. Rapporten vert offentleggjort i løpet av hausten 2008.
Departementet har òg initiert ein studie av kven som ikkje kjøper breiband og kvifor, og kva som kan gjerast for å få fleire på nett. Departementet gir òg støtte til Statistisk Sentralbyrå sin dokumentasjon av IKT-utviklinga.
Universell utforming
Det er eit mål at IKT-løysingar vert utforma universelt (jf. St.meld. nr. 17 (2006–2007), tiltak 4.5, 4.7).
I tråd med den nye diskriminerings- og tilgjengelegheitslova skal IKT retta mot publikum utformast universelt. For ny IKT vil dette kravet gjelde frå 01.07.2011 og for eksisterande IKT vil kravet gjelde frå 01.01.2021. Fornyings- og administrasjonsdepartementet er i gang med å forme ut funksjonelle krav og retningslinjer.
IKT-arkitektur
Departementet arbeider for at IKT-utviklinga i offentleg sektor skal skje innan ei felles overordna ramme. Realiseringa av ei døgnopen elektronisk forvaltning krev at det vert etablert overordna prinsipp som skal regulere korleis offentlege verksemder utviklar sine IKT-system. Etableringa av ein felles overordna IKT-arkitektur i offentleg sektor vil sikre ei meir koordinert utvikling av offentleg IKT-infrastruktur. (jf. St.meld. nr. 17 (2006–2007), tiltak 7.4, 7.13)
Ei arbeidsgruppe som er nedsett av departementet leverte i desember 2007 eit forslag til eit arkitektur-rammeverk. Gruppa har lagt fram forslag til prinsipp som skal liggje til grunn for utvikling av offentlege IKT-system, forslag til korleis IKT-løysingar bør utviklast sentralt for heile offentleg sektor, og tilrådingar om styring og finansiering av ein felles offentleg IKT-arkitektur.
Nasjonale retningslinjer for å styrkje informasjonstryggleik i Noreg
I desember 2007 lanserte regjeringa Nasjonale retningslinjer for å styrkje informasjonstryggleiken i Noreg. Koordineringsutvalet for førebyggjande IKT-tryggleik vil ha eit ansvar for å halde oversikt over tiltak på innsatsområda, og vil via Fornyings- og administrasjonsdepartementet rapportere til regjeringa om samla status når det trengst.
Føremålet med retningslinjene er å skape ei felles forståing av tryggleiksutfordringar på IKT-området, og identifisere kor det trengst å styrkje informasjonstryggleiken i Noreg. Retningslinjene er innretta mot statlege myndigheiter. Gjennomføringa av retningslinjene kan òg vedgå kommunar, fylkeskommunar, næringsliv, private organisasjonar, husstandar og einskildpersonar. Retningslinjene skal medverke til god trygging av kritisk infrastruktur og støttesystem for kritiske samfunnsfunksjonar, høg kompetanse og fokus på forsking og informasjonstryggleik, og dessutan utvikling av ein tryggleikskultur ved bruk av informasjonssystem og ved elektronisk informasjonsutvikling (jf. St.meld. nr 17 (2006–2007), kap. 9).
Informasjonstryggingsmiljøet i innlandet har i løpet av dei siste seks åra vorte eit av dei mest komplette og kompetente i Noreg. Fagmiljøet har inntil april 2008 bestått av fleire mindre fagmiljø som kvart på sitt vis har gitt sine tilskot i ein heilskap som spenner frå utdanning, forsking, haldningsskapande arbeid, næringslivssamarbeid til innovasjon og inkubatorverksemd. I april 2008 vart dette samarbeidet formalisert gjennom etableringa av Security Valley™ som er tildelt 0,5 mill. kroner i tilskott til verksemda i 2008. Samarbeidet skal, med innovasjon og FoU som verktøy, styrke nasjonal og internasjonal utvikling av kompetanse og utvikling av nye forretningsområde innan tryggleik.
Koordineringsutvalet for førebyggjande informasjonstryggleik
Koordineringsutvalet for førebyggjande informasjonstryggleik vart stifta i mai 2004. Utvalet har representantar frå seks departement, Statsministerens kontor og ti direktorat. Utvalet sitt arbeid omfattar alt frå alminneleg førebyggjande IKT-tryggleik til spørsmål kring tryggleiken i riket, vitale nasjonale tryggingsinteresser og kritiske samfunnsfunksjonar. Utvalet skal koordinere vidareutvikling av tryggingsregelverket på IKT-området, få fram felles standardar, normer, metodar og verktøy for IKT-tryggleik og skape betre samordning av tilsynspraksisen. Utvalet skal òg drøfte aktuelle spørsmål om risiko og fare for misbruk og mellom anna medverke til koordinering av informasjonstiltak og planlegging av tryggingstiltak. Utvalet har ingen operative funksjonar.
eNoreg-forum
e-Noreg-forum er ein arena der ulike aktørar skal kunne gi innspel til utviklinga av IKT-politikken. Forumet er ein møteplass for uformell og open dialog mellom politisk leiing i departementet og viktige eksterne aktørar. Det eksisterande eNoreg-forumet vart oppretta medio 2007 og har funksjonstid fram til sommaren 2009. I møta har tema som digital inkludering, digitale forbrukarrettar, IKT-forsking og nye brukarmønster og tenester på nett vore diskutert. Medlemene i forumet er personleg oppnemnde og representerer eit breitt spekter av brukarinteresser og verksemder.
Koordineringsorganet for eForvaltning
Koordineringsorganet for eForvaltning vart etablert som eit rådgivande organ i 2004. Koordineringsorganet består av 19 representantar på høgt nivå (etatsleiarar) frå statleg og kommunal sektor. Statsråden leier møta. Koordineringsorganet gir tilrådingar på områda elektroniske tenester, IKT-arkitektur, elektronisk autentisering/signatur og IKT-tryggleik i offentleg sektor. Koordineringsorganet speler mellom anna ei viktig rolle i arbeidet med å skape aksept for felles standardar og IKT-arkitektur.
Mål og prioriteringar 2009
St.meld. nr.17 (2006 –2007) og eNorge 2009
Oppfølging av meldinga så langt syner at det trengst betre koordinering på tvers av sektorar og område. Det er framleis naudsynt med høg aktivitet for å realisere målsetjingane i St.meld. nr. 17 og IKT-politikken generelt.
Opne standardar
Første versjon av referansekatalog for IT-standardar i offentleg sektor vart publisert i desember 2007. Den omfattar tilrådingar og obligatoriske krav om bruk av dei opne standardane HTML, PDF og ODF i samband med publisering av dokument på offentlege internettsider. Ein tek sikte på å leggje fram ein ny versjon av referansekatalogen i 2009.
IKT som drivar for ein lågutslepp-økonomi
IKT kan vere eit sentralt verktøy i arbeidet med å løyse klimautfordringane. Noreg har kompetanse i verdstoppen innan teknologiløysingar som gjer det mogleg å redusere utslepp av klimagassar. Til dømes medverkar IKT til utsleppsreduksjonar gjennom redusert transportbehov ved elektronisk samhandling og nye arbeidsformer, meir effektiv produksjon og energieffektivisering og overgang til nye elektroniske tenester. Slike teknologiløysingar skaper økonomisk vekst og klimagevinst på same tid.
Samstundes er IKT-sektoren sjølv ein del av problemet, mellom anna knytt til energiforbruk og til miljøbelastningar ved utvikling, produksjon og avfallshandtering av IKT-produkter. Det er aukande merksemd om dette temaet. Slik må ein politikk for grøn IKT handle om både dei negative og positive effektane IKT har på miljøet.
Med ei samla satsing kan Noreg leie an i utviklinga av grøne teknologiløysingar. Ein klimavennleg teknologi som ein ny økonomi vil byggje på, treng aktiv stimulering, og det offentlege må gå føre. Regjeringa ønskjer å sikre at det offentlege viser veg i arbeidet med nye løysingar.
Departementet vil i 2009 vidareutvikle politikk og tiltak for IKT som legg til rette for ein lågutslepp-økonomi, slik at det offentlege kan gå føre i dette arbeidet.
Satsing på elektronisk samhandling
Det vert stadig meir elektronisk samhandling i offentleg sektor og kompleksiteten i samhandlinga er stor. Fornyings- og administrasjonsdepartementet har starta utviklingstiltak som skal betre den elektroniske samhandlinga i offentleg sektor. Målet er å hjelpe til med etablering av elektroniske tenester og innføring av fellesløysingar gjennom å:
identifisere eksisterande løysingar som er eigna for overføring til andre verksemder (irekna løysingar frå Høykom-programmet)
etablere kontakt med utvalde verksemder som løysingane kan overførast til
medverke til erfaringsoverføring til verksemdene for dei aktuelle løysingane
utarbeide rettleiingar slik at nye verksemder kan ta i bruk løysingane
Det vil bli gjennomført nokre utvalde prosjekt for å ta i bruk eksisterande løysingar i nye verksemder. Direktoratet for forvaltning og IKT vil arbeide med desse prosjekta.
Elektronisk ID og signatur i offentleg sektor (eID)
Elektronisk ID er naudsynt for at offentleg sektor i stor skala skal kunne leggje om tenesteytinga frå papirbaserte til elektroniske kanalar og utvikle meir avanserte tenester. Innbyggjarane skal kunne logge seg på offentlege tenester med same elektroniske identifikasjon uavhengig av kvar tenestene kjem frå. Vidare kan eID og e-signatur opne opp for papirlaus kommunikasjon internt i staten. Desse tiltaka vil byggje opp under utviklinga av elektronisk forvaltning, som er eit av regjeringas viktigaste tiltak for fornying av offentleg sektor, jf. St.meld. nr. 17 (2006–2007). Gode elektroniske løysingar er svaret på mange utfordringar i den offentlege tenesteytinga. Sikker og brukarvennleg infrastruktur for elektronisk identifikasjon er ein føresetnad for å lukkast med å tilpasse utviklinga av elektronisk forvaltning til det innbyggjarane treng på ein best mogleg måte.
Direktoratet for forvaltning og IKT skal gjennomføre tiltak for å få på plass ein felles infrastruktur, jf ny post 23 under kap. 1521. Det vert teke sikte på at arbeidet skjer saman med Skattedirektoratet og Politidirektoratet som begge har roller i arbeidet med ein felles eID i offentleg sektor.
Departementet skal òg setje i verk tiltak for å leggje til rette for trygg utveksling av elektroniske dokument mellom verksemder.
eFaktura
Ei arbeidsgruppe sett ned av Fornyings- og administrasjonsdepartementet har våren 2008 vurdert eit pålegg om obligatorisk elektronisk faktura til staten. Det er berekna eit stort effektiviseringspotensial for staten og næringslivet ved å innføre elektronisk fakturautveksling. Danmark og Sverige har innført bruk av elektronisk faktura i stor skala i samfunnet, mens Noreg heng etter.
Tiltak for å gjennomføre ei nasjonal satsing på dette området kan vere ein felles offentleg standard, pålegg til statlege verksemder og helsesektoren om å ta i mot elektronisk faktura og pålegg til bedriftene om å levere elektronisk faktura til staten. Tilrettelegging av ein infrastruktur som gjer slik samhandling mogleg vil òg medverke til rask gjennomføring. Departementet vil i 2008 starte arbeidet saman med Finansdepartementet og Nærings- og handelsdepartementet for å vurdere og leggje til rette tiltak.
Vidarebruk av offentleg informasjon
Ny offentleglov med forskrifter vil tre i kraft 01.01.2009. Føremålet med EU-direktiv 2003/98/EF er å leggje tilrette for vidarebruk av informasjon frå offentleg sektor. Eit grunnprinsipp er at ein ikkje skal diskriminere mellom ulike aktørar som ønskjer å vidarebruke offentleg informasjon. Mellom anna er det fastsett ein hovudregel om forbod mot einerettsavtalar, og eit øvre pristak. (jf. St.meld. nr. 17 (2006–2007), tiltak 6.6). EU-direktiv 2003/98/EF om vidarebruk av offentleg informasjon er gjennomført i norsk lovgivning gjennom føresegner i ny offentleglov med forskrifter.
Digital deltaking og inkludering
Regjeringa vil vidareføre satsingar og dra nytte av dokumentasjon og kunnskap på feltet. Eit døme er ein studie, som vart finansiert av Fornyings- og administrasjonsdepartementet, som har sett nærare på kvifor så mange ikkje har skaffa seg breibandsinfrastruktur, trass i god tilgang. Vidare vil departementet i større grad stimulere til auka fokus på arbeidsplassen som læringsarena. Departementet har òg i samarbeid med Kultur- og kyrkjedepartementet gitt stønad til eit prosjekt koordinert av ABM-utvikling for å utarbeide ein nasjonal modell for biblioteka som digital læringsarena. Når det gjeld digital kompetanse og inkludering i skulen vil Fornyings- og administrasjonsdepartementet følgje med på det som vert gjort i regi av Kunnskapsdepartementet, jf. stortingsmeldinga om kvalitet i opplæringa.
Når det gjeld trendar og utvikling innan web 2.0-teknologi, vil Regjeringa jamleg vurdere å følgje opp funn i rapportar frå mellom anna Universitetet i Oslo og Sintef IKT. Døme er trongen for opne/felles standardar, auka fokus på deling og gjenbruk av informasjon, og behovet for å tenkje nytt når det gjeld utvikling av digitale tenester generelt og brukarmedverknad i samband med dette. Den store interessa og engasjementet som denne type kunnskap og analysar har stimulert i mange eksterne miljø, er òg av stor verdi for den vidare politikkutviklinga på feltet.
Universell utforming
Fornyings- og administrasjonsdepartementet vil i samarbeid med Direktoratet for forvaltning og IKT arbeide vidare med å operasjonalisere krava til universelt utforma løysingar. Det vil òg bli utvikla indikatorar for å kunne måle kor langt ein har kome i arbeidet med universell utforming.
IKT-arkitektur
Departementet vil arbeide vidare med å etablere ein overordna IKT-arkitektur i offentleg sektor. Dette er naudsynt for å sikre utviklinga av ei koordinert elektronisk tenesteyting frå offentleg sektor. Ein IKT-arkitektur skal vere eit rammeverk for å byggje opp IKT-system og samhandle mellom slike system i offentleg sektor. Rammeverket skal bestå av tre ulike delar. Den første delen skal vere eit sett med prinsipp som skal gi føringar på korleis offentlege verksemder byggjer og vidareutviklar IKT-system. Den andre delen skal vere utvikling av felles IKT-komponentar for offentleg sektor. Desse komponentane skal understøtte elektronisk tenesteutvikling i offentlege verksemder. Departementet tek sikte på å få avklart omfanget av felleskomponentar i 2009. Den tredje delen gjeld styring og finansiering av tversgåande IKT-tiltak. Ei arbeidsgruppe la i 2007 fram ulike modellar for korleis dette bør gjerast. Departementet vil arbeide vidare med å avklare styring og finansiering av tversgåande felles IKT-infrastruktur og IKT-arkitektur.
Nasjonale retningslinjer for å styrkje informasjonstryggleik i Noreg og Koordineringsutvalet for førebyggjande informasjonstryggleik
Forsynings- og administrasjonsdepartementet vil i 2009 følgje opp Nasjonale retningslinjer for å styrkje informasjonstryggleiken 2007–2010. Kvart departement vil ha ansvar for å følgje opp retningslinjene på sitt ansvarsområde. Departementa skal i samarbeid med underlagde verksemder sørgje for sektorvis oppfølging, og at tiltak vert koordinerte med andre departement. Fornyings- og administrasjonsdepartementet har overordna samordningsansvar for oppfølging og vil nytte Koordineringsutvalet for førebyggjande informasjonstryggleik i den samanheng.
Post 50 Breiband, kan overførast
Allmenn omtale
Siste ordinære programperiode for Høykom-programmet var 2005–2007, men for å følgje opp prosjekt som ikkje var avslutta vart programmet vidareført ut 2008. Hausten 2008 skal Høykom fordele om lag 35 mill. kroner til breibandsprosjekt. Desse prosjekta vert følgde opp av Forskingsrådet i 2009. Det er rekna med at breibandsdekninga vil liggje på 99,8 pst. ved utgangen av 2008 dersom ein ikkje tek omsyn til 35 mill. kroner frå Fornyings- og administrasjonsdepartementet og om lag 158 mill. kroner frå Kommunal- og regionaldepartementet til breiband i 2008. Med denne satsinga er det sannsynleg at målet om full breibandsdekning vil verte nådd. Post 50 Breiband vert ikkje vidareført i 2009 budsjettet, og Høykom-sekretariatet vert avvikla i løpet av 2008.
Det er sett i gang eit opplegg for overføring av kompetanse frå Høykom til Direktoratet for forvaltning og IKT for å ta vare på aktuelle lærdommar ein har skaffa seg gjennom Høykom-programmet.
Rapport 2007
Gjennom programperioden 2005–2007 har ein støtta breibandsutviklinga fleire stader i Noreg. Det vart i 2007 løyvd totalt 221,6 mill. kroner til breiband gjennom Høykom-programmet, 100 mill. kroner av desse i revidert nasjonalbudsjett. 44 breibandsprosjekt vart støtta gjennom Høykom i 2007. Det vart òg gitt stønad til prosjekt som fekk løyvingar før hausten 2006. Mange av desse prosjekta har fokus på å innføre breibandsbaserte tenester.
Arbeidet med kunnskapsdanning og dokumentasjon av erfaringar er vidareført. Det er innanfor programmet gitt stønad til utvikling av effektive rettleiingstenester og formidling av røynsler og resultat, medrekna gevinstar. Programmet har hatt stor utløysande effekt, god geografisk spreiing og har ført til omfattande samarbeid i det offentlege og i nokon grad med private.
For meir om status for utbygging av breiband, sjå omtale av oppmodingsvedtak nr. 247 under del III.
Elektroniske publikumstenester
33 av dei 45 bruksorienterte prosjekta som vart førte vidare i 2007 inkluderer implementering av elektroniske publikumstenester. Dei fleste av desse prosjekta har fokus på offentleg tenesteyting. I tillegg til å implementere tenester retta mot publikum har mange av prosjekta òg eit internt effektiviseringsaspekt.
Utvikling av samarbeidsrelasjonar
I alt var meir enn 650 ulike aktørar frå offentleg og privat sektor involverte i Høykom-prosjekta. Om lag 270 av aktørane var samarbeidspartnarar i prosjekt som var nye i 2007. Om lag 88 pst. av prosjekta hadde ein eller fleire samarbeidspartnarar. Om lag 54 pst. av prosjekta hadde fem eller fleire partnarar. Om lag 25 pst. av prosjekta hadde ti eller fleire partnarar og om lag 16 pst. hadde 15 eller fleire partnarar. I breibandprosjekta var det i gjennomsnitt åtte partnarar per prosjekt.
Prosjekt der private verksemder er involverte
Høykom rettar seg først og fremst mot offentleg sektor, men i dei fleste prosjekta er det private underleverandørar som til dømes leverer IKT-løysingar og ulike konsulenttenester. Fleire prosjekt innanfor offentleg tenesteyting etablerer tenester som i tillegg til innbyggjarar òg er retta mot bedrifter. For breibandsprosjekta er nytte for lokal næringsverksemd eit kriterium ved tildeling av støtte.
Geografisk spreiing
Prosjekt i 13 fylke har motteke løyvingar i 2007.
Prosjekt med forventa kvantitative nytteeffektar
For å dokumentere effektar av prosjekta og tilby støtte til gjennomføring vart det etablert ei satsing på gevinstrealisering i 2004. 48 prosjekt har rapportert sine forventa gevinstar. Det er forventa større gevinstar innan område som kan reknast som forvaltningsinterne enn område som meir direkte fører til meirverdi for innbyggjarar og næringsliv. Dei fleste prosjekta forventar redusert tidsbruk. Heile 63 pst. av prosjekta forventar reduserte timeverk. Redusert manuell publikumskontakt ved innføring av digital serviceportal gir størst forventa innsparing, men òg elektronisk sakshandsaming og postmottak er venta å gi høg reduksjon i timeverk. Omlag halvparten av prosjektleiarane forventar redusert sakshandsamingstid i sine prosjekt. Dei største gevinstane er ikkje relaterte til personell. Over halvparten av prosjekta forventar reduserte driftskostnader.
Spreiing av røynsler
Programmet sitt informasjonsarbeid er i stor grad basert på å spreie røynsler og god praksis frå programporteføljen. I 2007 vart det publisert rapportar og ulikt informasjonsmateriell. Det vart mellom anna laga ein film i samband med ein erfaringskonferanse. Høykom var representert på ei rekkje nasjonale og internasjonale konferansar. Høykom-porteføljen er eineståande, òg i internasjonal samanheng. Det vert formidla erfaringar direkte frå prosjekta. Høyvis - Kompetansesenteret for breibandsbruk, har òg hatt i oppdrag å informere om prosjekta og aktuelle problemstillingar og å rettleie kommunar og andre offentlege verksemder.
Særskilde resultatindikatorar for Høykom Distrikt
Tal på nye breibandslinjer
Løyvingar til 25 prosjekt i 2007 skal ifølgje tal frå søkjarane gi breiband til om lag 60 000 husstandar. Prosjekt med oppstart i 2006 har gitt breiband til om lag 30 000 husstandar. Det er rekna med at løyvingane til breiband i 2006 og 2007 frå Fornyings- og administrasjonsdepartementet og Kommunal- og regionaldepartementet vil gi ei meirdekning på 4,7 pst. Dette inneber breiband til 96 000 nye husstandar som elles ikkje ville ha fått eit breibandstilbod. Totalt omfang av desse prosjekta er om lag 850 mill. kroner.
Koordinering av fylkeskommune og involvering frå kommunar
Dei flest infrastrukturprosjekta er koordinerte av fylkeskommunane. Eit kriterium var at prosjekt som var koordinerte av fylkeskommunar skulle prioriterast. I 2007 var fylkeskommunen søkjar for 21 prosjekt, to prosjekt kom frå regionråd og to frå einskildståande kommunar. I prosjekta med oppstart i starten av året var det 82 kommunar, i prosjekt som starta i september var 211 kommunar involverte.
Kap. 1561 Internasjonalt IKT-samarbeid og utviklingsprogram
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2007 | Saldert budsjett 2008 | Forslag 2009 |
70 | Tilskot til internasjonale program, kan overførast | 14 817 | 22 500 | 20 149 |
Sum kap. 1561 | 14 817 | 22 500 | 20 149 |
Allmenn omtale
IKT-politikken er i høg grad internasjonalt orientert og utgjer eit av dei viktigaste områda for internasjonalt samarbeid og koordinering. Noregs innsats er særleg retta mot arbeidet som skjer i EU og OECD. Utfordringane ligg mellom anna i å tilpasse regelverk til allmenne utviklingar som konvergens, framveksten av nye tenester, og det at tenester, næringar og innbyggjarar vert stadig meir grensekryssande. Vidare er arbeidsplassane i stigande grad kunnskapsintensive og baserte på IKT. Informasjonsteknologien har òg ei rolle i å møte miljøutfordringa.
EU legg sterk vekt på verdien av IKT i fornying av offentleg sektor og som drivar for økonomisk vekst. EU sin overordna plan for IKT-politikk er i2010, A European Information Society for Growth and Employment. Planen er ein sentral del av den «nye Lisboa-strategien». Noreg deltek aktivt i vidareutvikling og implementering gjennom ulike fora knytte til i2010-initiativet.
Forslaget til løyving gjeld program i regi av EU som Noreg tek del i etter EØS-avtalen, og som er knytte til utvikling av informasjonssamfunnet og elektronisk forvaltning. Løyvingsforslaget dekkjer programkontingentar og andre utgifter til følgjande EU-program:
CIP (rammeprogram for konkurranseevne og innovasjon)
IDABC (elektroniske tenester mellom forvaltning, næringsliv og innbyggjarar)
ENISA (europeisk nettverks- og informasjonstryggleiksbyrå)
Noregs deltaking i det omfattande europeiske samarbeidet på IKT-området, irekna statistisk samarbeid og politiske samarbeidsarenaer, er i hovudsak knytt til desse programma og forankra i i2010-strategien. Løyvinga dekkjer òg tilskot til andre IKT-relaterte aktivitetar og samarbeidsområde og dekning av utgifter til nasjonale ekspertar i EU-kommisjonen og nasjonale oppfølgingsaktivitetar.
For å medverke til at aktuelle norske miljø kan dra nytte av EU-programma IDABC og CIP og medverke til norsk utteljing i prosjektløyvingar, vil Direktoratet for forvaltning og IKT vere nasjonalt kontaktpunkt for CIP- og IDABC-programmet i 2009.
OECD er ein arena for globalt samarbeid om viktige prinsipp i IKT-politikken. I 2008 heldt OECD ein ministerkonferanse om framtida for internettøkonomien. Konferansen vedtok ein deklarasjon for utvikling av policy for bruk og utvikling av Internett til å møte framtidas sosiale behov, berekraftig økonomisk vekst og tryggleik og personvern ved kommunikasjon over nettet. Noreg deltek aktivt i OECDs arbeid med å utforme politikk.
Rapport 2007
CIP – EUs rammeprogram for konkurranseevne og innovasjon – IKT-politisk støtteprogram (2007–2013)
CIP er eit omfattande program som legg til rette for nye IKT-satsingar og stimulerer til brei bruk av IKT blant innbyggjarar, næringsliv og styresmakter. Fokus for programmet er i første rekkje pilotprosjekt med sikte på å utvikle pan-europeiske elektroniske løysingar. I 2007 var pilotane særleg retta mot offentlege elektroniske tenester, digital inkludering og elektroniske helsetenester. I samband med referansetesting i tilknyting til i2010, vart det gjennomført nasjonale undersøkingar om IKT-utviklinga i Noreg samanlikna med landa i EU.
Resultatet frå 2007-utlysingane var positive for Noreg. Noreg fekk mellom anna i oppdrag å leie eit prosjekt som skal gjere det enklare for offentleg sektor i alle europeiske land å gjere innkjøp på tvers av landegrensene. Prosjektet - Pan European Public Procurement OnLine (PEPPOL) er eit nøkkelprosjekt for å byggje den indre marknaden i EU. Vidare kom Noreg med i fleire tematiske nettverk og prosjekt. Samla fekk Noreg ein vesentleg høgare retur i form av midlar enn kva Noreg betalte i kontingent for IKT-delen av CIP.
Elektroniske tenester mellom forvaltning, næringsliv og innbyggjarar (IDABC-programmet – 2005–2009)
Noreg har teke del i tidlegare IDA-program sidan 1997. Det var i 2007 stor aktivitet både innan dei horisontale aktivitetane og innan dei særskilte sektorprosjekta.
Særleg viktig for Noreg var førebuingane til overgangen til ei ny sikker plattform for elektronisk kommunikasjon, det såkalla sTESTA-nettverket. sTESTA er ein horisontal aktivitet innan IDABC som har som målsetjing å etablere eit sikkert nettverk mellom administrasjonar i deltakarlanda. I 2008 vart det etablert eit felles aksesspunkt til kvart land, og dette er avgjerande for den kommunikasjonen ei rekkje statlege verksemder har med EU-land. Ei rekkje offentlege verksemder, mellom anna Politiet, NAV, Utlendingsdirektoratet og Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap, kommuniserer med EU gjennom dette nettverket.
ENISA
I 2007 var ENISA engasjert i eit mangfald av aktivitetar. Det er utforma rettleiing om korleis skape medvit om informasjonstryggleik, i tillegg til rapportar mellom anna om korleis sertifiseringsopplegg kan hjelpe til å informere, utvikle kunnskap og skape tillit hos brukarane. ENISA har arrangert konferansar og workshops blant anna om økonomiske aspekt ved informasjonstryggleik og om etablering av CERT-organ i landa. ENISA har produsert tre rapportar om nye tryggleikstruslar.
NorSIS og NorCERT er kopla opp mot det europeiske tryggingssamarbeidet, og fleire norske ekspertar har delteke i det faglege arbeidet i ENISA.
Mål og prioriteringar 2009
CIP – EUs rammeprogram for konkurranseevne og innovasjon – IKT-politisk støtteprogram (2007–2013)
CIP-programmet omfattar fleire politikkområde og omfattar tre sjølvstendige delprogram med eigne budsjettlinjer og styringsgrupper:
entreprenørskaps- og innovasjonsprogrammet (hovudansvar Nærings- og handelsdepartementet)
energiprogrammet (hovudansvar Olje- og energidepartementet)
IKT-programmet (hovudansvar Fornyings- og administrasjonsdepartementet).
Regjeringa er oppteken av å sikre at det vert etablert ordningar for samarbeid og integrering slik at dei nasjonale initiativa er best mogleg samordna, ikkje minst fordi bruk av IKT står sentralt i alle delprogramma.
IKT-programmet har eit særleg fokus på finansiering av større pilotprosjekt med sikte på å utvikle paneuropeiske elektroniske løysingar. I tillegg til dei større transnasjonale pilotane, vil ei rekkje tematiske nettverk verte etablert innan ulike IKT-politiske fagområde. Programmet vil òg finansiere samarbeid om statistikk og analysar av IKT-utviklinga.
Frå 2009 vil den tematiske vidareføringa av EU-programmet eContent (Nærings- og handelsdepartementet sitt budsjettkapittel, jf. St.prp. nr. 61 (2004–2005)) bli innlemma i IKT-programmet. Ansvaret for nasjonal oppfølging vert overført til Fornyings- og administrasjonsdepartementet. Politikk for elektronisk innhald vil få større merksemd i 2009.
Gjennom deltaking i programmet ønskjer Regjeringa mellom anna å få til ei meir strategisk tilnærming til IKT- og forvaltningsutvikling. For næringslivet gir deltaking høve til å vise produkta sine i ein europeisk samanheng og etablere nye marknader.
Programdeltakinga fører òg med seg dekning av tre nasjonale ekspertar i Europakommisjonens generaldirektorat for informasjonssamfunnet (DG INFSO) og dekning av oppfølgingsaktivitetar nasjonalt.
Elektroniske tenester mellom forvaltning, næringsliv og innbyggjarar – IDABC-programmet (2005–2009)
EU-programmet IDABC (Interoperable Delivery of European eGovernment Services to public Administrations, Businesses and Citizens) skal fremje elektroniske tenester mellom forvaltningane, næringsliv og innbyggjarar. Programmet er det tredje i rekkja og skal vare ut 2009. Noreg har teke del i programmet frå og med 2006, jf. St.prp. nr. 54 (2005–2006). Det er under førebuing eit oppfølgingsprogram frå 2010.
IDABC tek hand om infrastruktur og standardar for utveksling av informasjon innan offentleg forvaltning og med næringsliv og innbyggjarar. Programmet set normer for samhandlinga innan EU/EØS og medverkar til fellesløysingar på fleire sektorar.
IDABC-programmet støttar utviklinga av e-forvaltingstenester og underliggjande infrastruktur på to måtar:
programmet utviklar og implementerer prosjekt innan elektroniske tenester som er vedtekne av dei ulike fagsektorane og som skal gjennomførast av EU og medlemslanda i samarbeid. I arbeidsprogrammet for 2007 var det 41 konkrete prosjekt
programmet utviklar òg ei rekkje tverrgåande prosjekt til felles nytte for medlemslanda. I 2007 var det 25 slike horisontale prosjekt, til dømes informasjonsportalen Your Europe, etablering av eit sikkert elektronisk nettverk (TESTA) mellom administrasjonane i medlemslanda, etablering av standardar for felles dokumentformat i Europa o.a.
Finansiering av den norske deltakinga går fram av omtalen i St.prp. nr. 1 (2006–2007) Fornyings- og administrasjonsdepartementet.
ENISA
Det europeiske nettverks- og informasjonstryggleiksbyrået (ENISA) vart formelt oppretta i mars 2004. ENISA har som føremål å betre EU si evne til å adressere og respondere på nettverks- og informasjonstryggleiksproblem. Noreg deltek i ENISA sitt Management Board med representantar frå Fornyings- og administrasjonsdepartementet og Samferdselsdepartementet. Dei årlege kostnadene for deltaking i ENISA vert delte likt mellom dei to departementa.
I 2009 og i åra framover vil ENISA prioritere arbeid med å gjere europeiske elektroniske kommunikasjonsnettverk meir robuste, utvikle og forbetre modellar for samarbeid mellom landa, identifisere risikomoment og styrkje informasjonsaktiviteten mot små og mellomstore bedrifter.
Budsjett 2009
Post 70 Tilskot til internasjonale program, kan overførast
Løyvinga skal dekkje norsk deltaking i IKT-delen av CIP-programmet pluss norsk deltaking i EU-programmet IDABC og EU-byrået ENISA. Løyvinga vil dekkje estimert årskontingent for norsk deltaking, utgifter til nasjonale ekspertar ved Europakommisjonen og nasjonal oppfølging.
Kap. 1562 Tilskot til elektronisk samhandling og forenkling av forretningsprosessar
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2007 | Saldert budsjett 2008 | Forslag 2009 |
70 | Tilskot NorStella | 1 400 | 1 400 | 1 062 |
71 | Tilskot til Nasjonalt kompetansesenter for fri programvare | 4 176 | ||
Sum kap. 1562 | 1 400 | 1 400 | 5 238 |
Allmenn omtale
NorStella
NorStella arbeider som pådrivar for standardisert elektronisk samhandling i og med offentleg sektor, og for forenkling av forretningsprosessar i næringslivet nasjonalt og på tvers av grensene.
NorStella har ei tredelt oppgåve:
å mobilisere norsk næringsliv og offentleg sektor til å påverke utviklinga av relevante standardar internasjonalt
å ta vare på norske interesser og formidle norske synspunkt i ulike typar standardiseringsarbeid internasjonalt
å oppmode til at nye felles standardar vert tekne i bruk i næringslivet og offentlig sektor
Nasjonalt kompetansesenter for fri programvare
Regjeringa ønskjer at offentlege verksemder i større grad tek i bruk løysingar baserte på fri programvare. Grunnen til dette er mellom anna at bruk av fri programvare kan gjere det mogleg med gjenbruk av løysingar på tvers av offentlege verksemder. Den største barrieren for auka bruk av fri programvare i offentlege verksemder knyter seg til kompetanse. Det er derfor trong for å styrkje kunnskapen om fri programvare hos avgjerdstakarar og IKT-fagfolk i offentlege verksemder, (jf. St.meld. nr. 17 (2006–2007), tiltak 7.10, 7.12).
Rapport 2007
NorStella
NorStella har i 2007 vidareført sekretariatsoppgåva for e2b Forumet og for Samtrafikkgruppa for utveksling av standardiserte e-handelsmeldingar. NorStella deltok vidare i internasjonale fora som driv med standardisering av e-handelsmeldingar, og i nasjonale grupper for standardisering av elektronisk samhandling og tilknytt programvare.
NorStella har frå og med 2008 endra strategi ved at verksemda fokuserer meir på etablering og gjennomføring av konkrete, eksternt finansierte prosjekt. Formålet med det er å vise korleis opne internasjonale standardar for elektronisk samhandling kan brukast i praksis og med høg verdi for deltakarane.
Nasjonalt kompetansesenter for fri programvare
Nasjonalt kompetansesenter for fri programvare vart etablert sommaren 2007. Initiativtakarane bak senteret er Buskerud fylkeskommune, Rådet for Drammensregionen, Høgskulen i Buskerud, Troms fylkeskommune, KS og IKT-Noreg. Målgruppa for kompetansesenteret er hovudsakleg offentleg sektor, men senteret skal òg vere ei drivande kraft for heile nasjonen. Fornyings- og administrasjonsdepartementet gav ei løyving i 2007 på 2 mill. kroner til senteret. Senteret har sidan oppstarten arbeidd aktivt med å betre kompetanse knytt til fri programvare i offentleg sektor.
Mål og prioriteringar 2009
NorStella
Målet for arbeidet i 2009 er å vidareføre arbeidet med å representere norske interesser i internasjonal standardisering og å demonstrere nytten av opne standardar for elektronisk samhandling i praktiske prosjekt med eksterne deltakarar.
For 2009 skal tilskotet mellom anna nyttast til:
deltaking i eit stort EU-prosjekt for standardiserte meldingar gjennom heile transportkjeda
deltaking i det internasjonale organet UN/CEFACT for å sikre at standardar for e-handelsmeldingar utvikla mellom anna i Noreg blir globale
kunnskapsspreiing om verdien av standardar for elektronisk samhandling og elektroniske forretningsprosessar
Nasjonalt kompetansesenter for fri programvare
Nasjonalt kompetansesenter for fri programvare har som mål å betre kompetanse og informasjon om fri programvare, for slik å fremje bruken av fri programvare. Nasjonalt kompetansesenter for fri programvare skal mellom anna ha ei rolle som tilretteleggjar og pådrivar for
å kvalitetssikre fri programvare og gjere den tilgjengeleg for alle
rettleiing og informasjonstenester om fri programvare
internasjonale, nasjonale og regionale konferansar og seminar
bygging og drifting av kompetansenettverk
å etablere kurs og studietilbod innanfor fri programvare
å utvikle, finansiere og realisere innovasjonsprosjekt
å initiere nyskaping og bedriftsetablering
at senteret skal arbeide i lag med tilsvarande senter i andre land, relevante utdannings- og forskingsmiljø nasjonalt og internasjonalt, verksemder som har spisskompetanse innan fri programvare, og dessutan med lokale næringshagar, kunnskaps- og forskingsparkar
Post 70 Tilskot NorStella
Løyvinga skal nyttast til deltaking i internasjonal standardisering av elektroniske handelsmeldingar og elektroniske forretningsprosessar, med mål om å fremje norske synspunkt og interesser. Vidare skal løyvinga dekkje arbeidet med å leggje til rette for nasjonal standardisering av utveksling av elektroniske handelsmeldingar, med samhandling mellom næringslivet og forvaltninga som fokus.
I lys av at Direktoratet for forvalting og IKT skal arbeide med standardar i forvaltninga vert løyvinga trappa ned frå og med 2009 og avvikla i 2012.
Post 71 Tilskot til Nasjonalt kompetansesenter for fri programvare (ny)
Løyvinga skal nyttast til å fremje kompetanse og informasjon om fri programvare i offentleg sektor, for slik å auke bruken av fri programvare. Blant aktivitetane skal ein mellom anna rettleie og syte for informasjonstenester om fri programvare ut mot offentlege verksemder.
Kap. 1563 IKT-tryggleik
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2007 | Saldert budsjett 2008 | Forslag 2009 |
70 | Tilskot til Norsk senter for informasjonssikring (NORSIS) | 4 000 | 4 000 | 4 176 |
Sum kap. 1563 | 4 000 | 4 000 | 4 176 |
Allmenn omtale
Norsk senter for informasjonssikring
Norsk senter for informasjonssikring (NorSIS) på Gjøvik har som overordna mål å betre tryggleiken og gjere informasjons- og kommunikasjonsteknologi i samfunnet mindre sårbar. NorSIS skal gjere brukarane medvitne om truslar og sårbare punkt. NorSIS skal òg opplyse om sikringstiltak og påverke til gode haldningar gjennom kompetanseutvikling, informasjonsutveksling og rådgiving av førebyggjande art. NorSIS si målgruppe er norske verksemder i privat sektor og offentleg sektor inkludert kommunane. Dei små og mellomstore verksemdene skal prioriterast. NorSIS skal så langt som mogleg møte innbyggjarane med hjelp når det trengst. Informasjon frå NorSIS skal vere «open», og alle samfunnsgrupper skal kunne dra nytte av NorSIS sine tenester (web, rettleiingar, rapportar, kurs, konferansar o.a.). NorSIS samarbeider med og nyttar media i stor grad for å nå målgruppa. NorSIS arbeider òg for å auke tryggleikskompetansen hos innbyggjarane generelt.
Rapport 2007
Senteret har i perioden vore ein aktiv deltakar i mediebiletet og på denne måten målretta auka kompetansen i målgruppene. Det er gjennomført ei rekkje tiltak for å betre tryggleiken og gjere informasjons- og kommunikasjonsteknologi i samfunnet mindre sårbar. Verksemda har utvikla fleire haldningsskapande produkt som filmar, foredrag og kurs. Saman med private og offentlege verksemder er det gjennomført aktivitetar for å auke kompetansen på informasjonstryggleik. «Sikkerhetsdagen» og informasjonstryggleiksseminar for departement, direktorat og tilsyn er eit døme på dette.
Senteret har i perioden hatt omfattande møteverksemd med verksemder og samarbeidspartnarar i målgruppa. Tema for møta har vore mellom anna finansiering og moglege nye prosjekt for målgruppene. Det har vore stor aktivitet både på www.norsis.no og den nye sida norsis.kfg.no. Sidene korresponderer med TV-programmet Klar-Ferdig-Gå som våren 2008 vart sendt laurdagsmorgon på NRK. Målet har vore å lære framtidas tilsette gode haldningar om informasjonstryggleik.
Mål og prioriteringar 2009
NorSIS har ei plattform som vert utvikla vidare for å bli betre kjend i målgruppa, og for å auke talet på brukarar. NorSIS arbeider målretta for å oppretthalde posisjonen som ein fagleg uhilda aktør. Det er viktig at verksemder, media og det offentlege har ein nøytral offentleg aktør innan informasjonstryggleik. Stadig fleire verksemder kontaktar NorSIS om råd og rettleiing. NorSIS må derfor ha tilstrekkeleg spelerom til å møte etterspurnaden og løyse oppgåvene.
NorSIS skal saman med NorCERT (Norwegian Computer Emergency Response Team) i Nasjonalt tryggingsorgan (NSM - Nasjonal sikkerhetsmyndighet) spele ei viktig rolle i samband med nasjonal koordinering av varsling og rådgiving for informasjonstryggleik. NorSIS skal gjennom arbeidet sitt mellom anna:
fremje ein tryggleikskultur hos brukarar av informasjonssystem og nettverk gjennom å auke merksemda deira kring risikoar og trongen for rutinar, tiltak og prosedyrar
spreie kunnskap om sårbare IKT-system og risikoar, for å auke medvitet om trongen for god informasjonstryggleik
etablere og vidareutvikle arenaer for informasjonsutveksling om informasjonstryggleik på tvers av sektorar
utarbeide råd og rettleiingar og dessutan gi informasjon om konkrete tiltak med tanke på å førebu eller oppdatere system og nett mot ulike truslar
knyte kontakt med tilsvarande kompetansemiljø nasjonalt og internasjonalt
Programkategori 01.70 Personvern
Utgifter under programkategori 01.70 fordelte på kapittel
(i 1 000 kr) | |||||
---|---|---|---|---|---|
Kap. | Nemning | Rekneskap 2007 | Saldert budsjett 2008 | Forslag 2009 | Pst. endr. 08/09 |
1570 | Datatilsynet | 27 392 | 26 443 | 27 955 | 5,7 |
1571 | Personvernnemnda | 1 600 | 1 650 | 3,1 | |
Sum kategori 01.70 | 27 392 | 28 043 | 29 605 | 5,6 |
Allmenn omtale
Personvern er å verne om den personlege integriteten og privatlivet til det einskilde menneske. Det er brei semje om at personvern er ein grunnleggjande rett som det er viktig å verne om. Nokre prinsipp står sentralt i oppbygginga av personvernlovgivinga. Prinsippa byggjer på eit grunnleggjande ideal om at alle skal ha råderett over personopplysningar om seg sjølve.
Blant dei sentrale prinsippa er:
det skal vere saklege grunnar for innsamling og bruk av personopplysningar. Opplysningane skal samlast inn til klåre og legitime føremål og brukast i samsvar med desse
registrering av personopplysningar skal i størst mogleg grad vere basert på frivillig, tydeleg og informert samtykke. Opplysningar i offentlege register der registrering er pliktig, skal vere lovheimla
ved innhenting av personopplysningar har alle rett til å få opplyst om det er frivillig eller obligatorisk å gi frå seg personopplysningane, kva føremål opplysningane skal brukast til og om dei vil bli utleverte til andre
den som er ansvarleg for at data vert registrerte, skal hjelpe den registrerte med å få innsyn i kva for opplysningar som er lagra, kva dei skal brukast til og kvar dei er henta frå
opplysningar som vert registrerte, skal vere korrekte. Ukorrekte opplysningar skal endrast, slettast eller sperrast. Overskotsinformasjon og opplysningar som ikkje lenger trengst for føremålet med registreringa, skal slettast
informasjonstryggleik skal sikrast
innbyggjarane skal kunne ferdast anonymt. Når nye teknologiske løysingar vert tekne i bruk, skal retten til anonym ferdsel innfriast
Utviklingstrekk og hovudutfordringar
Ny teknologi gjer det mogleg å registrere og lagre store mengder personopplysningar, og omfanget aukar. Mellom anna skjer dette i samband med utviklinga av dei offentlege tenestene. Tenester som er tilpassa kvar einskild, effektiv sakshandsaming, innsyn og open forvaltning har ført til meir registrering og lagring av personopplysningar, men praksisen kan kome i konflikt med personvernet. Samstundes kan teknologien òg nyttast til å fremje personvernet. Det er likevel ei stor utfordring å finne fram til rutinar, praktiske løysingar og bruk av teknologi som tek omsyn til personvernet og samstundes medverkar til betre tenester og ein meir effektiv offentleg sektor.
Regjeringa la fram IKT-meldinga hausten 2006, jf. St.meld. nr. 17 (2006–2007) «Eit informasjonssamfunn for alle» (IKT-meldinga). Meldinga peiker på dei mange personvernutfordringane, og viser til ei rekkje tiltak Regjeringa vil setje i verk for å sikre personvernet. Støtte til arbeid med å utvikle og ta i bruk personvernfremjande teknologi er eit av satsingsområda. Regjeringa har òg oppretta ein personvernkommisjon. Kommisjonen skal gjere ei samla vurdering av utfordringane personvernet møter i samfunnet, og kartleggje og vurdere verkemidla vi har i dag for å ta vare på personvernet. Kommisjonen kan òg foreslå nye verkemiddel. Personvernkommisjonen skal levere rapporten sin til Fornyings- og administrasjonsdepartementet innan 15.12.2008.
Det er ei utfordring å halde personvernregelverket oppdatert i tråd med den teknologiske utviklinga. I 2009 er den pågåande revisjonen av personopplysningslova og forskrifta derfor eit sentralt arbeid. For å tryggje sentrale personvernomsyn ved utarbeiding av statlege reformer, regelendringar og andre tiltak, er departementet i ferd med å avslutte arbeidet med ein rettleiar til Utgreiingsinstruksen som gjeld personvernkonsekvensar.
Kap. 1570 Datatilsynet
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2007 | Saldert budsjett 2008 | Forslag 2009 |
01 | Driftsutgifter | 27 392 | 26 443 | 27 955 |
Sum kap. 1570 | 27 392 | 26 443 | 27 955 |
Allmenn omtale
Gjennom tilsyn og sakshandsaming skal Datatilsynet kontrollere at lover og forskrifter for handsaming av personopplysningar vert følgde, og at feil og manglar vert retta opp. Tilsynet skal halde seg orientert og informere om den nasjonale og internasjonale utviklinga når det gjeld handtering av personopplysningar. Vidare skal Datatilsynet identifisere farar for personvernet og gi råd om korleis ein kan unngå eller motverke desse. Deltaking i nasjonale og internasjonale råd og utval er såleis ein viktig del av arbeidet til Datatilsynet. Datatilsynet er òg høyringsinstans i saker som kan ha konsekvensar for personvernet.
Satsinga på å styrkje informasjonsverksemda i Datatilsynet er særleg retta mot barn og unge og verksemder. Kampanjen «DuBestemmer» er eit døme på korleis etaten når fram til viktige brukargrupper. Kampanjen er omtalt i rapportdelen. Datatilsynet hjelper òg bransjeorganisasjonar med å utarbeide bransjevise normer for framferd, og gir bransjar og verksemder råd om sikring av personopplysningar. Datatilsynet motiverer og hjelper verksemder til dømes til å utnemne eigne personvernombod.
Datatilsynet har òg ei viktig ombodsrolle. Personar som tek kontakt med tilsynet, får råd og informasjon. Publikum vert i første rekkje nådd gjennom aktiv mediekontakt og publisering på eigen nettstad.
Rapport 2007
St.meld. nr. 5 (2007–2008) «Datatilsynet og Personvernnemndas årsmeldinger for 2006» gir utfyllande informasjon. Årsmeldingar for 2007 vert lagde fram i ei stortingsmelding hausten 2008.
Tilsynsaktiviteten
Tilsyn er eit verkemiddel for å fremje eit godt personvern i samfunnet. I tillegg til å kontrollere om verksemdene etterlever regelverket, er tilsyn òg ein viktig kanal for dialog og kunnskapsoverføring. Datatilsynet gjennomførte i 2007 kontrollar av eit breitt spekter av verksemder i ulike sektorar. Tilsyn fører normalt til at 50–60 pst. av verksemdene får pålegg eller varsel om pålegg. Nivået har vore nokså stabilt dei seinare åra. Totalt vart det gjennomført 134 tilsyn i 2007. Datatilsynet registrerer at tilsynsaktiviteten fremjar fokus på regelverket i verksemdene, og gjerne innanfor heile bransjar. Rapportar frå einskilte tilsyn vert lesne av andre verksemder og fører såleis til at tilsynet sitt arbeid får verdi utover den einskilde verksemda.
Tilsynet har i 2007 hatt eit spesielt fokus på elektroniske spor, korleis desse oppstår og vert handterte i verksemdene. Tilsynet har samstundes sett på korleis pliktene i forhold til sletting vert innfridde. Vidare har kontrollen med elektronisk forvaltning auka. Både statlege og kommunale verksemder har fått besøk. Mykje av kontrollarbeidet i rapporteringsåret har elles vore retta mot internettbruken blant barn og unge. Datatilsynet har òg auka kontrollen innan rusomsorga. Dei registrerte er ei gruppe som i mindre grad kan vere medvitne om eigne rettar.
Deltaking i råd og utval m.m.
Datatilsynet ser i aukande grad eit internasjonalt engasjement i personvernspørsmål. EU, Europarådet, OECD o.a. set i dag standarden for mykje av den personverntenkinga som vert gjeldande her til lands. Det er derfor viktig for Datatilsynet å kunne delta i internasjonale fora. Fleire av problemstillingane tilsynet arbeider med har generell betyding for sektorar og bransjar. Slike problemstillingar krev felles tilnærming både på internasjonalt og nasjonalt plan. Internasjonalt har Datatilsynet vore særleg involvert i spørsmål om sosiale nettsamfunn, multinasjonale konsern sine forhold til nasjonalt og regionalt regelverk, søkjemotorar og felles tilnærming i forhold til tilsyn. Nasjonalt deltek Datatilsynet i ei rekkje råd og utval. Mellom anna deltek tilsynet i koordineringsarbeid innan helsesektoren og kommunal sektor, regelverksarbeid og arbeid med bransjenormer.
Datatilsynet ga 134 høyringsfråsegner med merknader i 2007. I fleire tilfelle var konsekvensar for personvernet mangelfullt utgreidd. I andre tilfelle kjem personvernet i konflikt med andre tungtvegande samfunnsomsyn og må etter ei samla vurdering vike. Datatilsynet meiner det likevel er viktig at personverninteressa blir formidla på ein strukturert måte, slik at det er tydeleg kva for kompromiss som må takast.
Satsing på kommunikasjonstiltak
Kommunikasjon vert vektlagd som verkemiddel, mellom anna via Datatilsynet si heimeside, ei juridisk svarteneste på telefon og e-post og gjennom mediekontakt. Datatilsynet har utvikla ein organisasjon der mange medarbeidarar har god medietrening og deltek i debattar på radio og tv. På denne måten er Datatilsynet aktiv i den offentlege debatten og har stor kapasitet til å kunne tale personvernet si sak når høvet byr seg.
I 2006 utvikla Datatilsynet i samarbeid med Utdanningsdirektoratet og Teknologirådet eit undervisningsopplegg om personvern kalla «DuBestemmer». Det vart sendt ut materiell til alle ungdomsskular og vidaregåande skular. Opplegget vart godt motteke, og Datatilsynet fekk ein europeisk personvernpris for denne kampanjen. Hausten 2007 vart det lyst ut ein manuskonkurranse med personvern og digitale media som tema. Seks vinnarteam fordelte på vidaregåande skular frå heile landet produserte film. I mars 2008 var filmane ferdige og fekk storstilt premierevising på Filmens hus. Filmane skal nyttast vidare som ein del av undervisningsopplegget «DuBestemmer». Filmane har òg fått engelsk tekst, og kan lastast ned frå nettstaden www.dubestemmer.no. I 2008 er Datatilsynet tildelt ekstra midlar for å gjennomføre fleire informasjonsprosjekt. Prosjekta handlar om å auke merksemda om personvern gjennom kunstnariske uttrykksformer og å utvide kampanjen «DuBestemmer».
Sakshandsaming
Datatilsynet har hatt 1 928 saker til handsaming i 2007. For ein mindre del av sakene, under 3 pst., var sakshandsamingstida lenger enn målsetjinga for 2007 på maksimalt ti veker. Datatilsynet har teke avvika på alvor og har sett i verk tiltak for å betre situasjonen. For lang sakshandsamingstid kjem av ein kombinasjon av personellmangel og auka kompleksitet i sakene.
Mål og resultatkrav 2009
Datatilsynet skal i 2009:
styrkje tilsynsverksemda ytterlegare og gjennomføre risikobaserte tilsyn innan prioriterte område. Blant områda som kan bli prioriterte er kontrollar innan ulike delar av justis-, sosial- og helsesektoren, statleg forvaltning, elektronisk kommunikasjon og tenester på internett
medverke til at personvernet vert tilstrekkeleg vektlagt, mellom anna ved å delta i råd, utval og samarbeidsfora nasjonalt og internasjonalt og gjennom høyringsfråsegner
vidareføre satsinga på ekstra kommunikasjonstiltak for å skape merksemd om personvernet og auke kunnskapen om plikter og rettar etter lovgivinga og god skikk. Kampanjen «DuBestemmer» skal vidareførast. Det vil òg bli retta eit auka fokus mot verksemder både i privat og offentleg sektor
syte for korrekt og effektiv sakshandsaming i samsvar med føremål og krav i forvaltningslova. Som hovudregel skal innkomne saker svarast på innan ti veker
Budsjett 2009
Post 01 Driftsutgifter
Løyvingsforslaget dekkjer løns- og driftsutgifter for Datatilsynet.
Kap. 1571 Personvernnemnda
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2007 | Saldert budsjett 2008 | Forslag 2009 |
01 | Driftsutgifter | 1 600 | 1 650 | |
Sum kap. 1571 | 1 600 | 1 650 |
Allmenn omtale
Personvernnemnda vart oppretta i 2001 med heimel i personopplysningslova, lov av 14. april 2000 nr. 31. Nemnda har sju medlemmer med personlege varamedlemer. Stortinget utnemner leiar og nestleiar, medan resten av medlemmene vert utnemnde av Kongen i statsråd. Pr. 01.01.2009 vert det eit skifte av leiar og nestleiar, pluss to av dei andre medlemmene i nemnda. Funksjonstida i nemnda er på fire år.
Personvernnemnda er klageorgan for vedtak fatta av Datatilsynet og nemnda behandlar klagene fortløpande. Personvernnemnda mottok sju nye saker i 2007. Av desse vart fem behandla. I tillegg behandla nemnda seks saker frå 2006. Alle vedtak som personvernnemnda fattar, vert publiserte på nemnda si heimeside og i ein eigen database i lovdata.
Post 01 Driftsutgifter
Løyvingsforslaget dekkjer utgifter til sekretariat for nemnda, ei stilling, og godtgjersle for medlemmene. Utgiftene har til og med 2007 vorte dekte over kap. 1500 Fornyings- og administrasjonsdepartementet, post 01 Driftsutgifter.
Programkategori 01.80 Statsbygg
Utgifter under programkategori 01.80 fordelte på kapittel
(i 1 000 kr) | |||||
---|---|---|---|---|---|
Kap. | Nemning | Rekneskap 2007 | Saldert budsjett 2008 | Forslag 2009 | Pst. endr. 08/09 |
1580 | Byggjeprosjekt utanfor husleigeordninga | 1 660 483 | 1 561 616 | 1 065 490 | -31,8 |
1581 | Eigedomar til kongelege føremål | 75 051 | 59 457 | 61 586 | 3,6 |
1582 | Utvikling av Fornebuområdet | 54 158 | 44 500 | 7 000 | -84,3 |
1583 | Utvikling av Pilestredet Park | 3 451 | |||
2445 | Statsbygg | 684 290 | 1 094 404 | 1 218 531 | 11,3 |
Sum kategori 01.80 | 2 477 433 | 2 759 977 | 2 352 607 | -14,8 |
Inntekter under programkategori 01.80 fordelte på kapittel
(i 1 000 kr) | |||||
---|---|---|---|---|---|
Kap. | Nemning | Rekneskap 2007 | Saldert budsjett 2008 | Forslag 2009 | Pst. endr. 08/09 |
4581 | Eigedomar til kongelege føremål | 142 | 125 | 131 | 4,8 |
5445 | Statsbygg | 1 041 362 | 900 000 | 900 000 | 0,0 |
5446 | Sal av eigedom, Fornebu | 108 847 | 23 600 | ||
Sum kategori 01.80 | 1 150 351 | 900 125 | 923 731 | 2,6 |
Frå og med 01.01.2009 vert forvaltningsansvaret for fengselseigedomane overført frå Kriminalomsorga til Statsbygg og innlemma i husleigeordninga. Det samla løyvingsforslaget for kategori 01.80 inneber samla sett ein reduksjon samanlikna med saldert budsjett for 2008. Dette kjem av at fleire større byggje- og utviklingsprosjekt no er i sluttfasen, slik som til dømes Prosjekt Nytt Operahus som vart opna i april i 2008.
Allmenn omtale
Statsbygg si oppgåve er å tilby gode og funksjonelle lokale til statlege verksemder. Statsbygg skal gi råd ved kjøp og leige av lokale, vere byggherre på vegner av departementa, syte for god forvaltning av eigedomane i den statlege husleigeordninga og sikre statlege interesser i større eigedomsutviklingsprosjekt.
Statsbygg skal ta hand om dei ambisiøse måla Regjeringa har innan miljøvenleg bygging, energieffektive løysingar og arkitektonisk kvalitet. Statsbygg skal dessutan vere leiande når det gjeld universell utforming og sikre tilkomst for flest mogleg i bygningane dei forvaltar.
Statsbygg er ei statleg forvaltningsbedrift og har 735 tilsette. Hovudkontoret ligg i Oslo, og regionkontora er lokaliserte i Porsgrunn, Bergen, Trondheim, Tromsø og Oslo. Inntektene til Statsbygg er i hovudsak leigeinntekter frå statlege verksemder og utgjer i 2008 om lag 2,7 mrd. kroner. Investeringsbudsjettet for 2008 var på omlag 2,7 mrd. kroner. Dette omfattar investeringar både på eigedomar Statsbygg forvaltar (innanfor husleigeordninga), jf. kap. 2445, og på eigedomar som vert forvalta av andre statlege verksemder (utanfor husleigeordninga), jf. kap. 1580, 1581 og 1582.
Hovudutfordringar og utviklingstrekk
Statsbygg tek over ansvaret for forvaltninga av fengsla frå og med 2009. Ei viktig oppgåve i 2009 vert å integrere desse bygningane i Statsbygg sine forvaltningssystem og etablere eit godt samarbeid med Kriminalomsorga. Denne eigedomsmassen består av om lag 485 bygningar fordelte på 35 fengselskompleks, til saman 313 000 kvadratmeter. Sjå nærare omtale under kap. 2445 Statsbygg.
Fornying og omstilling av offentleg sektor kan føre med seg at det trengst nye organisasjonsløysingar og nye lokale. Dette set krav til Statsbygg når det gjeld rask og fleksibel oppfølging av ønske om endringar. Statsbygg må derfor halde fram med å utvikle rådgivingskompetansen overfor departementa og andre statlege verksemder. Dette gjeld mellom anna assistanse til å vurdere trong for nye lokale, marknadsundersøkingar, alternativvurderingar og kostnadsanalysar. Statsbygg skal òg syte for at staten sine bygg og eigedomar verkar positivt inn på utviklinga av byar og tettstader. I 2009 vil Statsbygg utarbeide ein arkitekturpolitikk i tråd med statlege mål om god stadsutvikling og brukartilpassing.
På byggherresida er den viktigaste utfordringa å sikre god styring av kostnader, kvalitet og framdrift i prosjekta. Marknaden har vore prega av sterkt aukande prisar som følgje av høg aktivitet i byggebransjen. Dette har gitt Statsbygg store utfordringar i gjennomføringa av byggeprosjekta, mellom anna fordi grunnlaget for kostnadsrammene i prosjekta er utarbeidd lenge før arbeida vert kontraherte. Det vert derfor lagt stor vekt på risikostyring i alle fasar av prosjektgjennomføringa.
Innanfor eigedomsforvaltninga er dei sentrale utfordringane å tilpasse eigedomsmassen til det brukarane treng, syte for effektiv arealbruk, redusere energibruken, utnytte miljøvenlege energiberarar og unngå bruk av miljøfarlege stoff.
Hovudmål og strategiar
Innanfor vedtekne rammer for økonomi, kvalitet og framdrift skal Statsbygg:
syte for rådgiving og utgreiing i statleg sivil sektor i samband med leige av lokale og planlegging av byggjeprosjekt
utføre byggherretenester i statleg sivil sektor ved å organisere, planleggje og gjennomføre byggjeprosjekt innanfor vedtekne rammer
sikre kostnadseffektiv drift og eit vedlikehald som tek vare på verdiane av eigedomane
syte for at universell utforming og omsynet til miljø, arkitektur og kulturhistoriske verdiar vert vurdert og sikra
syte for miljøriktig materialbruk, som mellom anna inneber å unngå bruk av tropisk tømmer
syte for effektiv utnytting av dei eigedomane Statsbygg forvaltar, gjennom eigedomsutvikling, kjøp og sal
ta hand om statlege interesser i større eigedomsutviklingsprosjekt gjennom å gi råd, organisere, planleggje og gjennomføre slike prosjekt, og på denne måten realisere verdiar som vert frigjorde ved ny bruk av statlege eigedomar
gjennom si verksemd medverke til effektivisering av byggje-, anleggs- og eigedomsnæringa (BAE-næringa).
Mål og resultatkrav
Fornyings- og administrasjonsdepartementet set følgjande krav til Statsbygg sitt arbeid i 2009:
Mål | Resultatindikatorar | Resultatkrav 2009 |
---|---|---|
God budsjettdisiplin | Sluttkostnad i prosent av styringsramma på byggjeprosjekta under kap. 1580, 1581 og 2445. | Sluttkostnaden på prosjekta skal samla sett ikkje overskride styringsramma med meir enn 1 pst. |
Overføring av unytta løyvingar til neste budsjettermin under kap. 1580, 1581, 1582 og 2445. | Overføringane til neste budsjettermin skal ikkje overstige 7,5 pst. av disponibel løyving. | |
Tilfredsstillande avkastning på totalkapitalen | Resultat før finanskostnader i prosent av gjennomsnittleg investert kapital for året. | Minimum 5 pst. rentabilitet av totalkapitalen. |
Prosentdel utleigde areal i forhold til total arealet. | 98 pst. | |
Nøgde leigetakarar | Prosentdel leigetakarar som er nøgde med Statsbyggs eigedomsforvaltning. | 95 pst. |
Effektiv energibruk i bygningar forvalta av Statsbygg | Klimakorrigert energiforbruk | 210 kWh/kvm |
Ivaretaking av samfunnsmessige føringar | Rapport om ivaretaking av miljø, arkitektur, kulturminne, universell utforming m.m | Rapport som viser om Statsbygg oppfyller kvalitative føringar |
Rapport 2007
Nedanfor følgjer rapportering på dei resultatkrava som vart sette for Statsbygg i perioden 2004–2007:
Mål: God budsjettdisiplin - riktig styring innanfor kostnadsramma
Resultatindikator | Sluttkostnad i prosent av styringsramma (gjeld både kap. 1580 Byggjeprosjekt utanfor husleigeordninga og kap. 2445 Statsbygg). |
Resultatkrav 2007 | Sluttkostnad på prosjekta skal samla sett ikkje overskride styringsramma med meir enn 1 pst. |
2004 | 2005 | 2006 | 2007 |
---|---|---|---|
-6,0 | -8,7 pst | -4,4 pst | - 4,6 pst |
Statsbygg har ferdigstilt 28 bygg i 2007. Av desse er 12 nybygg, 12 ombygde bygg og 4 kombinerte nybygg og ombygde bygg. Samla styringsrammer for desse bygga var på 1 029 mill. kroner. Dei ferdigstilte bygga er gjennomførte 4,6 pst. under dette beløpet. Den viktigaste forklaringa på dette resultatet er at Musikkhøgskulen vart gjennomført 43 mill. kroner under styringsramma på 305,4 mill. kroner.
Mål: God budsjettdisiplin – låge overføringar frå ein termin til den neste
Resultatindikator | Overføring av unytta løyvingar til neste budsjettermin under kap. 1580, 1581, 1582 og 2445. |
Resultatkrav 2007 | Overføringane til neste budsjettermin skal ikkje overstige 7,5 pst av disponibel løyving. |
2004 | 2005 | 2006 | 2007 |
---|---|---|---|
0,3 pst | 6,9 pst | 12,9 pst | 14,5 pst |
Overføring av unytta løyvingar frå 2007 til 2008 utgjorde 14,5 pst. Målet på 7,5 pst. er dermed ikkje nådd. Årsaka er press i leverandørmarknaden som har ført til ei seinare framdrift i prosjekta enn først planlagd, og dermed ein auke i overføringane av ubrukte midlar.
Mål: Tilfredsstillande avkastning på totalkapitalen
Resultatindikator | Resultat før finanskostnader i prosent av gjennomsnittleg investert kapital for året |
Resultatkrav 2007 | Minimum 6 pst. rentabilitet av totalkapitalen |
2004 | 2005 | 2006 | 2007 |
---|---|---|---|
6,3 pst | 6,9 pst | 6,6 pst | 6,7 pst |
Rentabiliteten av totalkapitalen er definert som resultat før finanskostnader i prosent av gjennomsnittleg investert kapital for året. Rentabiliteten av totalkapitalen var i 2007 på 6,7 pst. og målet på 6 pst. er nådd.
Mål: Høg utleigegrad
Resultatindikator | Prosentdel utleigde areal i forhold til totalarealet/utleigebart areal. |
Resultatkrav 2007 | 98 pst |
2004 | 2005 | 2006 | 2007 |
---|---|---|---|
97,6 pst | 97,5 pst | 98,6 pst | 98,8 pst |
Statsbygg hadde i 2007 ein utleigegrad på 98,8 pst. Målet er nådd. Resultatet er litt betre enn i 2006, då utleigegraden var på 98,6 pst. Det er god kapasitetsutnytting av eigedomane. Utleigegraden i 2007 er den høgaste Statsbygg har nådd i dei åra det er ført statistikk.
Mål: Nøgde leigetakarar
Resultatindikator | Prosentdel leigetakarar som er nøgde1 med Statsbyggs eigedomsforvaltning |
Resultatkrav 2007 | 95 pst |
2004 | 2005 | 2006 | 2007 |
95 pst | * | 94 | * |
1 Med nøgde meiner ein heilt nøgd, svært nøgd eller ganske nøgd.
I 2006 vart det gjennomført målingar av korleis leigetakarane oppfatta eigedomsforvaltninga til Statsbygg. Resultatet synte at 94 pst. av leigetakarane var nøgde. I 2007 har det blitt gjennomført eit forarbeid når det gjeld metode og grunnlag for kundemålingane. Opplegget for kundeundersøkingar vil verte betra og nye målingar vert gjennomførte i 2008. Det ligg derfor ikkje føre noko resultat for 2007.
Mål: Effektiv energibruk i bygningar forvalta av Statsbygg
Resultatindikator | Klimakorrigert energiforbruk |
Resultatkrav 2007 | 210 kWh/kvm. |
Indikator | 2004 | 2005 | 2006 | 2007 |
---|---|---|---|---|
Talet på eigedomar | 167 | 158 | 177 | 164 |
Brutto golvareal i kvm | 1 544 351 | 1 305 601 | 1 578 515 | 1 445 103 |
Årleg energiforbruk (MWh) | 307 539 | 259 369 | 308 141 | 275 800 |
Klimakorrigert energiforbruk (kWh/ kvm/år) | 210,6 | 212,4 | 211,4 | 202,9 |
Statsbygg hadde i 2007 eit klimakorrigert energiforbruk på 202,9 kWh per kvm. Målet er såleis nådd. For å redusere energibruken i eksisterande bygningsmasse har Statsbygg i 2007 gjennomført 21 tiltak for om lag 3,6 mill. kroner. Dette omfattar fysiske enøk-tiltak, kompetanse og energileiing. Dei fysiske tiltaka har gitt ein energireduksjon som er rekna til omlag 605 000 kWh per år. Det har i 2007 vore fokusert på energileiing og energioppfølging (EOS). Erfaringane viser at eigne miljørevisjonar og revisjonar i samband med miljøsertifiseringa av Statsbygg har ført til større energi- og miljømedvit. Ein nærare analyse av korleis brukstida for bygningane har utvikla seg, er starta opp. Statsbygg vil i løpet av 2008 starte med energinettverk for alle sine bygningar.
Mål: Ivaretaking av samfunnsmessige føringar
Arkitektur
Statsbygg skal leggje til rette for god arkitektur i alle prosjekt, både som byggherre, eigedomsutviklar og forvaltar. Det er lagt vekt på å få auka medvit om samspelet mellom utomhusareal, bygningar og interiør. I 2007 har Statsbygg medverka til utvikling av god norsk arkitektur, arealplanlegging og utvikling av staten sine eigedomar. I 2008 har ferdigstilling av den nye norske operaen vore eit viktig merkepunkt. Med det nye operahuset har staten gitt Noregs hovudstad eit attraktivt nytt landemerke. Operahuset gir òg den nye bydelen i Bjørvika eit godt utgangspunkt for vekst og verdiskaping.
Kulturminnevern
Kongeleg resolusjon av oktober 2006 slår fast at departementa skal utarbeide landsverneplanar for statlege kulturhistoriske eigedomar og forvaltningsplan for kvar eigedom. Statsbygg har sett i gang arbeid med å lage forvaltningsplanar for sine eigedomar, samtidig som det vert utvikla landsverneplanar i ulike statlege sektorar. Statsbygg arbeider med landsverneplanar på oppdrag frå ulike departement. Planane skal verte ferdige i løpet av 2009. Ei meir utfyllande orientering om arbeidet med kulturminnevern er gitt i kapittelomtalen under kap. 1500.
Universell utforming
Universell utforming vil seie at den fysiske utforminga er slik at flest mogleg får tilgang til bygga som Statsbygg forvaltar, utan spesialtilpassing. Handlingsplan for universell utforming er utarbeidd for perioden 2007–2010. Ein reknar med at om lag 7 pst. av midlane til vedlikehald av eigedomane vert nytta til tiltak for universell utforming. Statsbygg har utvikla nettstaden www.byggforalle.no som opna i august 2008. Nettstaden gir informasjon om kor tilgjengelege offentlege bygningar er for personar med ulike typar av nedsett funksjonsevne. Statsbygg har så langt lagt inn 200 av dei publikumsrelaterte bygningane sine på nettstaden. Her finst opplysningar om tilretteleggingstiltak og moglege hinder i publikumsromma i dei utvalde bygningane, detaljar om dei einskilde lokala og informasjon om vegen til besøksmålet. Søka kan òg baserast på ei utvald gruppe av funksjonshemmingar.
Miljø
Statsbygg arbeider aktivt med miljøspørsmål både som byggherre, eigedomsforvaltar, eigedomsutviklar og rådgivar. I 2006 vart verksemda sertifisert etter ISO 14001. Statsbygg er med dette den største offentlege byggherren som er miljøsertifisert etter denne standarden. For å halde på sertifikatet må Statsbygg arbeide aktivt og målretta med miljøaspekta i åra framover.
I kontraktdokumenta er det utarbeidd tydelegare miljøkrav, slik at rådgivarar og entreprenørar som kjem utanfrå tek betre omsyn til Statsbygg sine miljøkrav. Det blir rapportert månadleg frå alle byggjeprosjekt om oppnåing av miljømål, bruk av farlege stoff og avfallshandtering. Dette er ein del av miljørekneskapen til Statsbygg, som jamleg vert evaluert.
Det vart i 2007 utarbeidd planar for handtering av miljøkrav og avfall for kvar forvaltningseigedom og eit sentralt register for farlege stoff. Det vart gjennomført kurs for driftspersonell og forvaltarar om reduksjon og handtering av farlege stoff, og om avfallsplanlegging. Det er valt ut regionale miljøkontaktar som skal arbeide aktivt med satsinga innan miljø.
Energibruk og klimapåverking har vore viktige tema for Statsbygg det siste året. Statsbygg skal vere i front av krava i ny teknisk forskrift som kom i 2007 og planlegg å ta i bruk den såkalla tiltaksmodellen i forskrifta. Statsbygg har òg teke omsyn til dei signala som styresmaktene har gitt om klimautfordringar. Mellom anna er det utarbeidd eit fagleg grunnlag for å utforme ein eigna klimastrategi og gode klimamål for Statsbygg.
Det er gitt ein meir utfyllande rapport om miljøarbeidet i Statsbygg under del III.
Forsking og utvikling
Statsbygg si FoU-satsing var i 2007 på omlag 15 mill. kroner. Ein del av desse midlane vart nytta på prosjekt som kan vere til hjelp for ei berekraftig utvikling innan byggje-, anleggs- og eigedomsnæringa. Tyngda av forskings- og utviklingstiltaka i 2007 har vore retta mot fagområda byggjeprosess (inkludert BIM = bygningsinformasjonsmodellar), miljø og energi. Arbeidet med utvikling av BIM har stått for den største FoU-satsinga til Statsbygg i 2007, med omkring halvparten av midlane.
Statsbygg har i 2007 evaluert dei siste åras forsking og utvikling og utarbeidd ny «Strategi for forsking og utvikling i Statsbygg 2008–2012». Statsbygg vil nytte forsking og utvikling til å nå dei strategiske måla for perioden 2007–2010 og FoU-verksemda skal medverke til å betre arbeidsprosessar, produkt og tenester.
Kap. 1580 Byggjeprosjekt utanfor husleigeordninga
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2007 | Saldert budsjett 2008 | Forslag 2009 |
30 | Prosjektering av bygg, kan overførast | 69 001 | 15 316 | 40 000 |
31 | Igangsetjing av byggjeprosjekt, kan overførast | 15 000 | 60 000 | |
33 | Vidareføring av byggjeprosjekt, kan overførast | 1 556 626 | 1 443 600 | 953 000 |
36 | Kunstnarisk utsmykking, kan overførast | 8 559 | 12 000 | 12 490 |
45 | Større utstyrsinnkjøp og vedlikehald, kan overførast | 26 297 | 75 700 | |
Sum kap. 1580 | 1 660 483 | 1 561 616 | 1 065 490 |
Allmenn omtale
Løyvingsforslaga gjeld investeringar i bygg utanfor husleigeordninga der Statsbygg er byggherre, medan oppdragsgivaren sjølv skal forvalte eigedomen etter at prosjektet er ferdig.
Budsjett 2009
Post 30 Prosjektering av bygg, kan overførast
Posten vert nytta til prosjektering av prioriterte byggjesaker som ikkje har øyremerkt prosjekteringsløyving. I 2009 er det mellom anna lagt opp til å nytte midlane til å vidareføre prosjektering av Universitetet i Tromsø, byggetrinn 2 for medisin og helsefag, Noregs idrettshøgskole, Kulturhistorisk museum og bygningane ved Universitetet for miljø- og biovitskap (UMB) på Ås. Det er òg avsett midlar til planlegging av nybygg på Ås. Dette som følgje av at Stortinget har vedteke å lokalisere Noregs veterinærhøgskole og Veterinærinstituttet på Ås, og at NVH skal organiserast saman med UMB, jf. Innst. S. nr. 176 (2007–2008) og St.prp. nr. 30 (2007–2008). Byggjestart er venta i 2013–2014. Sjå òg omtale i budsjettproposisjonen for Kunnskapsdepartementet. I tillegg skal det nyttast midlar til prosjekteringa av universitetsutbygginga i Gaustadbekkdalen i Oslo, jf St.prp. nr. 1 (2007–2008).
Post 31 Igangsetjing av byggjeprosjekt, kan overførast
Posten vert nytta til å setje i gang prioriterte byggjeprosjekt etter at forprosjektet er fullført. Ein gjer framlegg om å setje i gang eit byggjeprosjekt som gjeld nybygg for Odontologisk fakultet ved Universitetet i Bergen. Det er foreslått ei igangsetjingsløyving på 60 mill. kroner.
Odontologisk fakultet ved Universitetet i Bergen
Det Odontologiske fakultetsbygget ved Universitetet i Bergen treng modernisering. Det eksisterande bygget hindrar at undervisning og forsking kan gjennomførast i tråd med nasjonale og internasjonale krav og følgje den faglege utviklinga. Bygget skal derfor erstattast med eit nybygg med brutto areal på 15 000 kvm. Nybygget skal i tillegg til fakultetet sine klinikkar, gi plass til tannlegevakt og sentralklinikk for Bergen by, den offentlege tannhelsetenesta i Hordaland og eit odontologisk kompetansesenter for Vest-Noreg. Det vert foreslått ei kostnadsramme på 780,4 mill. kroner inklusiv kunstnarisk utsmykking (prisnivå 01.07.2009). Styringsramma er sett til 708,6 mill. kroner. Prosjektet er venta ferdigstilt i løpet av 2012. Sjå òg omtale i budsjettproposisjonen for Kunnskapsdepartementet.
Post 33 Vidareføring av byggjeprosjekt, kan overførast
Posten omfattar løyvingar til å vidareføre prosjekt som Stortinget tidlegare har vedteke å starte opp og skal sikre optimal framdrift i desse prosjekta. Oversikta nedanfor viser korleis forslaget til løyving fordeler seg på dei ulike prosjekta.
Tabell 2.3 Oppstarta byggjeprosjekt under kap. 1580 (i mill. kr)
Prosjekt | Kostnads- ramme per 1.7.2009 | Styrings- ramme per 1.7.2009 | Løyvd tidlegare | Forslag 2009 |
---|---|---|---|---|
Bygg under KKD: | ||||
Prosjekt Nytt Operahus1 | 4 356,0 | 4 136 | 4 127,0 | 9,0 |
Bygg under KD: | ||||
UiB, Studentsenter | 392,02 | 322,8 | 373,3 | |
UiO, Institutt for informatikk II (IFI II) | 1 206,0 | 1 159,6 | 659,4 | 285,0 |
Plantevernbygningen fase2 | 47,6 | 38,0 | 15,0 | 12,0 |
UiO Domus Media, sentrumsbygg | 500,6 | 442,0 | 29,8 | 75,0 |
Bygg under JD: | ||||
Halden fengsel | 1 490,9 | 1 404,0 | 744,5 | 550,0 |
Prosjekt i reklamasjonsfasen | 22,0 | |||
Samla forslag post 33 | 953 |
1 Prisnivå per 1.7.2008. Justering av kostnads- og styringsramma er i tråd med føresetnadene i St.prp. nr. 48 (2001–2002).
2 Kostnadsramma er inkl. brukarfinansiering på 18,75 mill. kroner, jf. St.prp. nr. 6 (2007–2008).
Kostnadsrammene for dei ulike prosjekta vert kalkulerte etter at forprosjektet er gjennomført og fastsette slik at det skal vere 85 pst. sannsynleg at kostnadsrammene vert haldne. Gjennomføringa av prosjekta skal likevel vere basert på ei styringsramme som gir rom for 50 pst. risiko for overskridingar. Differansen mellom kostnadsramma og styringsramma utgjer uvisseavsetjinga i prosjekta.
Prosjekt Nytt Operahus
Det nye huset er no teke i bruk. Prosjektet har vore grensesprengjande på fleire område. Det er montert avansert teaterteknisk utstyr og trearbeida, i foajeen og den store salen, har sett svært høge krav til overflatebehandling og geometrisk utforming. I heile planleggings- og byggjefasen har det vore fokusert på å gi bygget akustiske kvalitetar i verdsklasse.
Kostnadsramma er på 4 356 mill. kroner. I St.prp. nr. 53 (2007–2008) vart styringsramma auka til 4 136 mill. kroner. Gjenståande uvisseavsetjing er såleis på 220 mill. kroner. Med ei løyving på 9 mill. kroner i 2009, er prosjektet finansiert opp til styringsramma. Det er likevel enno usikkert om dette vert den endelege kostnaden, då alle sluttoppgjer enno ikkje er avslutta. Hovudtyngda av utstyret i operahuset skal gjennom ein periode med prøvedrift på 6 månader før arbeida er formelt avslutta. Tidspunktet for fullførde sluttoppgjer vil avhenge av kva feil og manglar som vert avdekte i prøvedriftsperioden.
Prosjektet er elles omtalt i budsjettproposisjon frå Kultur- og kyrkjedepartementet.
Studentsenteret ved Universitetet i Bergen
Studentsenteret i Bergen vart ferdigstilt hausten 2007 og teke i bruk frå semesterstart 2008. Det vart i 2007 gitt løyving opp til den nye kostnadsramma på 392,0 mill. kroner, jf. St.prp. nr. 6 (2007–2008). Det går no føre seg forhandlingar med leverandørar om sluttoppgjer, og den endelege sluttkostnaden vil avhenge av desse forhandlingane.
Universitetet i Oslo, Institutt for informatikk (IFI2)
Lokala for informatikkstudentane er for små i høve til studenttalet og vert derfor utvida med nybygg i Gaustadbekkdalen i Oslo. Gjennomføringa av IFI2 vil leggje til rette for å samle fagmiljøa innanfor informatikkstudia. IFI2 har ei brutto arealramme på 28 251 kvm, inkludert parkeringsareal.
Marknadssituasjonen har ført til lengre byggjetid enn planlagt og auka kostnader, jf. St.prp. nr. 90 (2006–2007). Prosjektet er venta ferdig i 3. kvartal 2010. Dette er meir enn eit år seinare enn tidlegare planlagt. Prosjektet har ein krevjande økonomisk situasjon og vert styrt stramt.
Renovering av Plantevernbygningen fase 2
Fase 1 av renoveringa av Plantevernbygningen på Ås vart ferdigstilt i 2004. Fase 2 fekk startløyving i 2008 og omfattar mellom anna nasjonalt plantevernbibliotek, kantine og kontor. Kostnadsramma vart fastsett ved behandlinga av St.prp. nr. 59 (2007–2008). Prosjektet har eit bruttoareal på 1 112 kvm. Byggjestart er planlagd 1. kvartal 2009 og venta ferdigstilling er 1. kvartal 2010.
Universitetet i Oslo, Domus Media
Sentrumsbygningane ved Universitetet i Oslo skal rehabiliterast. Domus Media (Aulaen og Vestfløyen) og Professorbustaden skal totalrenoverast. Prosjektet omfattar òg fasadar, tak og ny fundamentering for Domus Bibliotheca og Gymnastikkbygningen, pluss fasadar og tak for Domus Academica. Rehabiliteringa vil bli gjennomført i to fasar. Fase 1 omfattar istandsetjing av Domus Media (Aulaen og Vestfløyen). Utbygginga for fase 1 fekk oppstartsløyving ved Stortinget si handsaming av St.prp. nr. 59 (2007–2008). Målet er å bli ferdig med rehabilitering av Aulaen til universitetet sitt 200-års jubileum i 2011.
Halden fengsel
Halden fengsel er under oppføring på ei 300 mål stor tomt med ein bygningsmasse på 27 500 kvm. Fengselet vil få 251 plassar. Byggjestart var i juni 2007, og fengselet skal vere ferdig i april 2010.
Halden fengsel fekk auka kostnads- og styringsramma i 2007, jf. St.prp. nr. 84 (2006–2007) «Om Halden fengsel». Framdrift og økonomi i prosjektet går no i samsvar med planane. Prosjektet er elles omtalt i budsjettproposisjonen frå Justis- og politidepartementet.
Post 36 Kunstnarisk utsmykking, kan overførast
Løyvinga skal nyttast til kunstnarisk utsmykking av statlege bygg. Ettersom midlar til kunstnarisk utsmykking ikkje vert tekne med ved utrekninga av husleige, gjeld løyvinga òg byggjeprosjekt som vert finansierte over kap. 2445 Statsbygg. Tildelinga til kvart prosjekt skjer etter føresegnene som er gitt i kongeleg resolusjon av 05.09.1997, der ulike typar bygg er klassifiserte i fem kategoriar. Løyvingane til kunstnarisk utsmykking til prosjekta varierer mellom 0,5 til 1,5 pst. av kostnadsramma, avhengig av kva kategori bygget tilhøyrer.
Post 45 Større utstyrsinnkjøp og vedlikehald, kan overførast
Dette gjeld brukarutstyr til Prosjekt Nytt Operahus, og sluttløyving vart gitt i 2008.
Kap. 1581 Eigedomar til kongelege føremål
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 20077 | Saldert budsjett 2008 | Forslag 2009 |
01 | Driftsutgifter | 20 740 | 21 224 | 22 028 |
30 | Ekstraordinært vedlikehald, Bygdøy Kongsgard, kan overførast | 42 935 | ||
45 | Større utstyrsinnkjøp og vedlikehald, kan overførast | 11 376 | 38 233 | 39 558 |
Sum kap. 1581 | 75 051 | 59 457 | 61 586 |
Allmenn omtale
Statsbygg tek hand om Stiftsgarden i Trondheim, Gamlehaugen i Bergen, Det Kgl. Slott, Bygdøy Kongsgard og Oscarshall slott i Oslo. For eigedomane i Trondheim og Bergen har Statsbygg ansvaret for bygningar, interiør og utomhusareal. For eigedomane i Oslo har Statsbygg ansvaret for ytre vedlikehald, tekniske installasjonar og større vedlikehaldsarbeid. Det er inngått skriftlege avtalar mellom Det kongelege hoff og Statsbygg. Avtalane skal sikre klare ansvarstilhøve innanfor eigedomsforvaltninga.
Budsjett
Post 01 Driftsutgifter
Løyvinga skal dekkje Statsbygg sine kostnader til forvaltning, drift og vedlikehald av statlege eigedomar som vert nytta til kongelege føremål.
Post 45 Større utstyrsinnkjøp og vedlikehald, kan overførast
Løyvinga skal dekkje større vedlikehalds- og ombyggingsarbeid av investeringsmessig karakter.
Mesteparten av midlane på posten vil bli nytta til rehabiliteringa av Oscarshall slott som er eigd av staten og underlagt H.M. Kongens disposisjonsrett. Parallelt vert det gjennomført innvendig rehabilitering i regi av Det kongelege hoff, jf. kap. 1 post 51. Rehabiliteringa starta i 2007. Anlegget har svært høg antikvarisk og kulturhistorisk verdi og prosjektet vert utført i nært samarbeid med antikvariske styresmakter.
Av prosjekttekniske grunnar er arbeida som vert utførte av Statsbygg organiserte i to delprosjekt. Det eine gjeld utvendig rehabilitering av sjølve slottet og paviljongen, der kostnads- og styringsramma er 38,9 mill. kroner og 35,9 mill. kroner, mens det andre delprosjektet gjeld rehabilitering av sidebygningane med ei kostnads- og styringsramme på 27,4 mill. kroner og 25 mill. kroner. Totalkostnaden for rehabiliteringsarbeida er 66,3 mill. kroner, og dette beløpet vert foreslått som kostnadsramme for heile prosjektet. Styringsramma vert sett til 60,9 mill. kroner. Løyvingsforslaget på posten vil gjere det mogleg å fullføre rehabiliteringa i 2009 i samsvar med planlagd framdrift.
I 2009 vil det òg gå føre seg prosjekteringsarbeid knytt til rehabilitering av taket på Det Kgl. Slott. Som det tidlegare er orientert om har takarbeida vorte utsette, jf. St.prp. nr. 59 (2007–2008). Prosjekteringa er venta ferdig sommaren 2009, slik at sjølve rehabiliteringa kan starte seint i 2009 eller tidleg i 2010.
Kap. 4581 Eigedomar til kongelege føremål
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2007 | Saldert budsjett 2008 | Forslag 2009 |
01 | Ymse innttekter | 142 | 125 | 131 |
Sum kap. 4581 | 142 | 125 | 131 |
Post 01 Ymse inntekter
Posten omfattar inntekter frå husleige og omvisning ved Stiftsgarden og Gamlehaugen.
Kap. 1582 Utvikling av Fornebuområdet
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2007 | Saldert budsjett 2008 | Forslag 2009 |
21 | Spesielle driftsutgifter, kan overførast | 545 | 1 000 | |
30 | Investeringar, Fornebu, kan overførast | 53 530 | 43 500 | 7 000 |
70 | Erstatningar og oppgjer, kan overførast | 83 | ||
Sum kap. 1582 | 54 158 | 44 500 | 7 000 |
Allmenn omtale
Kapitlet omfattar løyvingar til Statsbygg si administrering av prosjektet, investeringar i infrastruktur og opprydding i forureina grunn i samband med utviklinga av dei statlege eigedomane på Fornebu i Bærum kommune.
Rapport 2007
Utviklingsprosjektet på Fornebu vart i hovudsak avslutta i 2007. Opprydding i forureiningar og salet av staten sine tomter er avslutta.
Det meste av utbygginga av vegar, teknisk infrastruktur og grøntområde vart ferdig i 2008, men noko vil stå att til seinare år i påvente av at andre utbyggjarar får avslutta prosjekta sine. Alle offentlege vegar vert overleverte til Statens vegvesen eller Bærum kommune innan utgangen av 2008. I tillegg har det i 2008 vore aktivitet i samband med frådeling av tomter etter regulering.
Budsjett
Post 30 Investeringar, Fornebu, kan overførast
Løyvinga skal dekkje Statsbygg sine investeringar i infrastruktur og grøntområde på Fornebu, kostnader for frådeling av tomter etter regulering og moglege utgifter til drift og vedlikehald av statens eigedomar på Fornebu.
Kap. 2445 Statsbygg
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2007 | Saldert budsjett 2008 | Forslag 2009 |
24 | Driftsresultat | -346 422 | -447 422 | -548 456 |
30 | Prosjektering av bygg, kan overførast | 62 123 | 54 971 | 71 000 |
31 | Igangsetjing av ordinære byggjeprosjekt, kan overførast | 70 000 | 227 500 | |
32 | Igangsetjing av kurantprosjekt, kan overførast | 29 217 | 38 000 | 82 000 |
33 | Vidareføring av ordinære byggjeprosjekt, kan overførast | 261 817 | 280 000 | 576 287 |
34 | Vidareføring av kurantprosjekt, kan overførast | 440 544 | 909 800 | 610 200 |
45 | Større utstyrsinnkjøp og vedlikehald, kan overførast | 114 198 | 89 068 | 100 000 |
49 | Kjøp av eigedomar, kan overførast | 122 813 | 99 987 | 100 000 |
Sum kap. 2445 | 684 290 | 1 094 404 | 1 218 531 |
Allmenn omtale
Kap. 2445 gjeld Statsbygg sitt driftsbudsjett som mellom anna omfattar administrasjon, drift og vedlikehald av eigedomane. I tillegg inneheld kapitlet investeringsbudsjett med løyvingar til byggjeprosjekt som skal inngå i den statlege husleigeordninga. Nytt i 2009 er at fengselseigedomane vert innlemma i denne husleigeordninga.
Statsbygg er i stor grad ein innkjøpsorganisasjon. Dette gjeld særleg i byggjeprosjekta, der så godt som alle innsatsfaktorane vert kjøpte etter konkurranse i marknaden. Statsbygg organiserer, planlegg og gjennomfører for tida om lag 200 større og mindre prosjekt i ulike fasar. Innan eigedomsforvaltninga vert om lag 70 pst. av dei utførde tenestene kjøpte. Eigenproduksjonen innanfor eigedomsforvaltninga utgjer med andre ord om lag 30 pst. og omfattar i hovudsak driftspersonell med ansvar for den daglege drifta på eigedomane.
Innlemming av fengselseigedomane i husleigeordninga
Regjeringa foreslår ei omfattande endring og fornying av staten si eigedomsforvaltning ved at ansvaret for å forvalte fengselseigedomane vert lagt til Statsbygg frå og med 2009. I dag ligg ansvaret for eigedomsforvaltninga hos Justisdepartementet og Kriminalomsorga. Statsbygg si primæroppgåve er å forvalte staten sine eigedomar. Gjennom å leggje ansvaret for forvaltninga av fengselseigedomane til Statsbygg, ønskjer Regjeringa å betre eigedomsforvaltninga innanfor kriminalomsorga. Eit anna føremål med omlegginga er å frigjere Kriminalomsorga for desse oppgåvene, slik at fokuset og ressursane deira i endå større grad vert retta inn mot å auke kapasiteten og kvaliteten i straffegjennomføringa. Reforma skal gi ei betre og meir effektiv forvaltning av fengselseigedomane, noko som vil resultere i betre forhold for både tilsette og innsette. Reforma skal òg gi betre oversikt over dei ulike kostnadene knytte til forvaltning og drift av eigedomane. Dette vil gi betre grunnlag for å gjere riktige prioriteringar ved nyinvesteringar i fengsla.
Samla bruttoareal er 312 883 kvadratmeter, fordelt på 35 fengsel med til saman 478 bygningar. Fengselseigedomane slit med eit omfattande vedlikehaldsetterslep, berekna til 3,2 mrd. kroner i mai 2008. Mange av bygga er svært gamle. Gjennomsnittleg alder på bygningane er 61 år. Ei innlemming av fengselseigedomane i staten si husleigeordning skal gi klarare økonomiske rammer for drift og vedlikehald av denne bygningsmassen. Regjeringa foreslår å auke Justisdepartementet sine rammer, slik at dei får kompensert den styrkinga av vedlikehaldet som det er lagt opp til i husleigekontraktane med Statsbygg. Styrkinga av driftsramma for Justisdepartementet er ein kombinasjon av tilførsel av nye midlar og omdisponering frå kap. 430 Kriminalomsorgas sentrale forvaltning, post 45 Større utstyrsinnkjøp og vedlikehald. Det er lagt til grunn eit fagleg tilrådd vedlikehaldsnivå som ligg 105 mill. kroner høgare (per år) enn det som i gjennomsnitt er nytta til føremålet dei seinare åra.
Det vert foreslått å overføre 59 mill. kroner frå kap. 430 Kriminalomsorgas sentrale forvaltning, post 45 Større utstyrsinnkjøp og vedlikehald til kap. 2445 Statsbygg. Desse midla vil gå til mindre byggjeprosjekt som allereie er starta opp. Dette dreier seg om nytt røyranlegg ved Oslo fengsel, diverse strakstiltak ved Ullersmo fengsel, nytt servicebygg ved Vik fengsel og forvaringsbygg ved Trondheim fengsel.
I tillegg til satsinga som er omtalt over, vil Statsbygg kunne gjennomføre rehabiliteringsprosjekt med midlar frå kap. 2445, postane 32 og 34 Igangsetjing/Vidareføring av kurantprosjekt og post 45 Større utstyrsinnkjøp og vedlikehald. Dette er prosjekt som vert leigeberekna på vanleg måte, basert på framforhandla leigeavtalar med Justisdepartementet/Kriminalomsorga.
Alle eigedomane er verdivurderte av ekstern konsulent og vert førte inn i Statsbygg sin balanse med ein verdi på 5,1 mrd. kroner. Avskrivingsprinsippa er omtalte under. Den delen av husleiga som reflekterer balanseførd verdi for eigedomen (kapitalelementet i husleiga) vert kompensert på Justisdepartementet sitt budsjett. Over tid er dette å sjå på som ein budsjettnøytral disposisjon, då avskrivingar og renter av staten sin kapital pluss driftsresultat kjem til inntekt i statsrekneskapen. Kapitalelementet i husleiga utgjer 308,9 mill. kroner. Det vert laga leigeavtalar for kvar einskild fengselseigedom der ansvarsforholda mellom Statsbygg som utleigar og Justisdepartementet/Kriminalomsorga som leigetakar, er avklarte. Avtalane skal tilpassast Kriminalomsorga sin trong for å nytte innsette i vedlikehaldsarbeidet som ein del av innhaldet i soninga. Tilsette i Kriminalomsorga som i hovudsak utfører arbeidsoppgåver som Statsbygg skal overta ansvaret for, vil få tilbod om jobb der til same vilkår og med dei same opparbeidde rettane som dei har ved overføringstidspunktet. Dei vil framleis vere tilsette i staten, fordi begge verksemdene er statsetatar.
Post 24 Driftsresultat
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Underpost | Nemning | Rekneskap 2007 | Saldert budsjett 2008 | Forslag 2009 |
24.1 | Driftsinntekter, overslagsløyving | -2 767 309 | -2 719 876 | -3 227 519 |
24.2 | Driftsutgifter, overslagsløyving | 989 182 | 966 976 | 1 156 002 |
24.3 | Avskrivningar | 423 193 | 397 399 | 594 011 |
24.4 | Renter av staten sin kapital | 23 120 | 51 327 | 52 298 |
24.5 | Til investeringsformål | 923 676 | 900 000 | 900 000 |
24.6 | Til reguleringsfondet | 61 716 | -43 248 | -23 248 |
Sum post 24 | -346 422 | -447 422 | -548 456 |
Resultatrekneskapen omfattar berre den delen av drifta som kjem inn under Statsbyggs eige kapittel (kap. 2445 Statsbygg) i statsrekneskapen. På same måte omfattar balansen berre dei bygningane som Statsbygg forvaltar, der nesten alle er inntektsgivande eigedomar innanfor statens husleigeordning.
Underpost 24.1 Driftsinntekter, overslagsløyving
Inntektene er i hovudsak husleige frå statlege leigetakarar og inntekter frå sal av eigedomar. Auken i inntekter kjem i hovudsak av leigeinntekter frå fengselseigedomane.
Underpost 24.2 Driftsutgifter, overslagsløyving
Driftsutgiftene dekkjer utgifter til Statsbygg sin administrasjon og drift, planlagt vedlikehald og forvaltning av eigedomsmassen. Statsbygg har òg ansvar for å forvalte einskilde ikkje-inntektsgivande eigedomar utan særskild løyving. Utgifter til forvaltning, drift og vedlikehald av denne eigedomsmassen vert dekte av midlar frå dei inntektsgivande eigedomane. Auken i utgifter kjem i hovudsak av at drift og vedlikehald av fengselseigedomane vert Statsbygg sitt ansvar frå og med 2009.
Underpost 24.3 Avskrivingar
Alle aktiva som kan avskrivast, vert avskrivne lineært, men med ulik avskrivingstid. Avskriving følgjer den praksisen som er presentert mellom anna i St.prp. nr. 1 (2007–2008). Fengselseigedomane er verdivurderte og vert lagde inn i Statsbyggs balanse frå 2009 med ein verdi på 5,1 mrd. kroner. Fengselsbygningar eldre enn 20 år vert avskrivne over 30 år. Bygningar yngre enn 20 år vert avskrivne over 40 år.
Underpost 24.4 Renter
Løyvinga er i samsvar med gjeldande retningsliner for utrekning av renter i statlege forvaltningsbedrifter.
Underpost 24.5 Til investeringsformål
Posten gjeld avsetning til investeringsføremål, jf. omtale under kap. 5445 post 39. Avsetjinga utgjer Statsbygg si eigenfinansiering av byggjeprosjekta. Gevinst ved sal av eigedom vert òg ført på denne posten.
Underpost 24.6 Til reguleringsfondet
I 2009 er det lagt opp til å bruke 23,2 mill. kroner av reguleringsfondet. Fondet vert nytta til å kompensere eventuelle avvik i driftsinntekter og driftsutgifter. Vidare skal fondet dekkje eventuelle skadetilfelle på eigedomane Statsbygg forvaltar. Med heimel i fullmakta som gir Statsbygg løyve til å overskride årlege løyvingar, kan Statsbygg òg nytte midlar frå fondet til å utvide ramma for investeringsbudsjettet under kap. 2445 Statsbygg, jf. framlegg til fullmaktsvedtak VII og XI.
Post 30 Prosjektering av bygg, kan overførast
Løyvinga dekkjer prosjektering av bygg fram til fullført forprosjekt. I tillegg til prosjektering av ulike kurantprosjekt, vil det gå føre seg prosjektering på følgjande ordinære prosjekt i 2009: ny politihøgkole i Oslo, Stavanger tinghus og Regjeringa sitt sikkerheitsanlegg (RSE).
Post 31 Igangsetjing av ordinære byggjeprosjekt, kan overførast
Posten vert nytta til igangsetjing av prosjekt som skal leigast ut og forvaltast av Statsbygg, der leigetakaren må ha heil eller delvis husleigekompensasjon.
I 2009 vert det foreslått å setje i gang to nye ordinære byggjeprosjekt. Dette er Gulating lagmannsrett under Justisdepartementet med ei foreslått løyving på 20 mill. kroner og Høgskolen i Oslo, patologibygget i Pilestredet Park (sjukepleieutdanninga) under Kunnskapsdepartementet med ei foreslått løyving på 20 mill. kroner.
I tillegg til desse to prosjekta er det avsett 187,5 mill. kroner til etablering av tre bu- og omsorgsenter for einslege mindreårige asylsøkjarar under 15 år. Barne- og likestillingsdepartementet er oppdragsgivande departement, og det auka behovet for omsorgssenterplassar til denne gruppa asylsøkjarar er omtalt i budsjettproposisjonen for Barne- og likestillingsdepartementet. Sentra er så langt ikkje ferdig prosjekterte. Forslaget til løyving er basert på røynslene frå etablering av senter med om lag 30 plassar per senter i lokale som er ombygde. Målet er at omsorgssentera skal stå ferdige i 2009. Vert det trong for nybygg, vil kostnadene kunne auke, og det vil truleg ta lengre tid å ferdigstille prosjekta.
Gulating lagmannsrett
På grunn av utvida arealbehov for tingretten og lagmannsretten i Bergen, vert det lagt fram forslag om lokalisering av Gulating lagmannsrett i eit nytt bygg i Bergen. Nye Gulating lagmannsrett vil bli oppført sentralt i Rådhuskvartalet i Bergen. Det vert foreslått ei kostnadsramme på 410,9 mill. kroner (prisnivå pr. 01.07.2009). Styringsramma er sett til 376 mill. kroner. Etter planen skal prosjektet vere ferdig i 2011. Prosjektet er òg omtalt i budsjettproposisjonen for Justisdepartementet.
Høgskolen i Oslo, patologibygget i Pilestedet Park (sjukepleieutdanninga)
Statsbygg har, på oppdrag frå Kunnskapsdepartementet, prosjektert ombygging og rehabilitering av patologibygget i Pilestredet Park for innpassing av Høgskolen i Oslo, avdeling for sjukepleie. Administrasjon og lokale for Studentsamskipnaden skal òg innpassast i bygget. Forprosjektet var ferdig i mars 2004. Som følgje av at det er fleire år sidan kostnadsramma vart utrekna, må grunnlaget for ramma gjennomgåast på nytt. Kostnads- og styringsramma frå 2004 er etter prisomrekning 668,6 og 588,1 mill. kroner (per 01.07.2009). Regjeringa vil etter at grunnlaget er gjennomgått på nytt, komme tilbake med forslag til ei oppdatert kostnadsramme i revidert nasjonalbudsjett for 2009. Bygget er venta ferdigstilt i løpet av 2013. Prosjektet er omtalt i budsjettproposisjonen for Kunnskapsdepartementet.
Post 32 Igangsetjing av kurantprosjekt, kan overførast
Løyvinga omfattar midlar til byggjestart for prosjekt som skal forvaltast av Statsbygg, der leigetakaren eller det ansvarlege fagdepartementet dekkjer den tilhøyrande husleiga innanfor eksisterande økonomiske rammer (kurante byggjeprosjekt). Prosjekta vert gjennomførte med bakgrunn i husleigeavtalar mellom Statsbygg og leigetakarane. Ordninga vert regulert i fullmakta som omhandlar gjennomføring av byggjeprosjekt utan framlegging av eiga kostnadsramme for Stortinget (kurantordninga), jf. framlegg til fullmaktsvedtak X.
Post 33 Vidareføring av ordinære byggjeprosjekt, kan overførast
Posten inneheld vidareføringsløyvingar til ordinære prosjekt som Stortinget tidlegare har vedteke å setje i gang. Bygga skal leigast ut og forvaltast av Statsbygg. Løyvinga for 2009 skal sikre optimal framdrift i desse prosjekta:
Tabell 2.4 Ordinære byggjeprosjekt under kap. 2445
(i mill. kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Prosjekt | Kostnads- ramme per 1.7.2009 | Styrings- ramme per 1.7.2009 | Løyvd tidlegare | Forslag 2009 |
Bygg under KD: | ||||
Høgskolen i Vestfold | 760,7 | 691,4 | 180,0 | 316,0 |
Samisk vitskapsbygg, Kautokeino | 445,4 | 411,7 | 161,6 | 105,0 |
Bygg under FAD: | ||||
Regjeringas representasjonsanlegg | 315,4 | 287,3 | 273,8 | 13,5 |
Regjeringskvartalet, R6 | 948,3 | 871,1 | 88,0 | 125,0 |
Regjeringskvartalet fellesarbeid | 9,0 | |||
Prosjekt i reklamasjonsfase | 7,8 | |||
Sum samla forslag post 33 | 576,3 |
Kostnadsrammene for nye prosjekt vert kalkulerte på bakgrunn av eit gjennomført forprosjekt og fastsette slik at det skal vere 85 pst. sannsynleg at kostnadsrammene vert haldne. Gjennomføringa av prosjekta skal likevel baserast på ei styringsramme som gir rom for 50 pst. risiko for overskridingar. Differansen mellom kostnadsramma og styringsramma utgjer uvisseavsetninga i prosjektet.
Høgskolen i Vestfold
Høgskolen i Vestfold skal samlast på Bakkenteigen i Horten kommune. Bruttoarealet for nybygget er på 16 626 kvadratmeter og ombygginga er på 2 344 kvadratmeter. Revidert kostnadsramme vart vedteken ved handsaminga av St.prp. nr. 6 (2007–2008). Byggjestart var 1. kvartal 2008 og framdrifta på prosjektet er no i samsvar med planane. Bygget skal stå ferdig til innflytting ved semesterstart hausten 2010.
Samisk vitskapsbygg i Kautokeino
Samisk vitskapsbygg skal romme Samisk høgskole, Nordisk Samisk Institutt, Samisk arkiv, Sametinget sine kontor i Kautokeino, Samisk spesialpedagogisk støtte, Gáldu kompetansesenter for rettane til urfolk og Internasjonalt fag- og formidlingssenter for reindrift. Arealet i bygget er 9 367 kvadratmeter. Prosjektet fekk oppstartsløyving ved Stortinget si handsaming av St.prp. nr. 1 (2005–2006). Prosjektet er i byggjefasen med ei venta ferdigstilling våren 2009. Kostnadsramma på prosjektet vart auka i 2008 med 86,3 mill. kroner til 430,5 mill. kroner, og styringsramma vart sett til 398,8 mill. kroner, jf. St.prp. nr. 59 (2007–2008).
Regjeringas representasjonsanlegg og statsministerbustad
Regjeringa sitt representasjonsanlegg fekk oppstartsløyving i samband med Stortingets handsaming av St.prp. nr. 65 (2003–2004). Anlegget omfattar eigedomane Inkognitogate 18, Riddervoldsgate 2, delar av Parkvegen 45, og i tillegg hagen i Parkvegen 45 og 47 i Oslo. Inkognitogate 18 skal vere bustad for statsministeren. Prosjektet hadde byggjestart i november 2006 og anlegget skal vere ferdig hausten 2008. Kostnads- og styringsramma er 315,4 og 287,3 mill. kroner. Per juni 2008 er 19 mill. kroner av den totale uvisseavsetjinga på 28,1 mill. kroner stilt til disposisjon for Statsbygg.
Utviding av Regjeringskvartalet – R6
Prosjektet fekk oppstartsløyving ved Stortinget si handsaming av St.prp. nr. 1 (2007–2008). Prosjektet har eit bruttoareal på 21 162 kvadratmeter og omfattar eigedomane i Keysers gate 6–8 og Teatergata 9. R6 vil i tillegg til kontorlokale for Helse- og omsorgsdepartementet og Landbruks- og matdepartementet, omfatte datarom for Servicesenteret for departementa som skal tene heile Regjeringskvartalet. Byggjestart er planlagt våren 2009, og R6 vil venteleg stå ferdig 1. kvartal 2012.
Post 34 Vidareføring av kurantprosjekt, kan overførast
Løyvinga vert nytta til vidareføring av kurantprosjekt som er starta opp i tidlegare budsjetterminar. Kurantprosjekta er kjenneteikna ved at brukaren eller det ansvarlege fagdepartementet dekkjer den tilhøyrande husleiga innanfor sine gjeldande økonomiske rammer. Prosjekta inkluderer så vel tilpassing/rehabilitering av eksisterande lokale som tilbygg og nybygg. Det er for tida om lag 50 slike byggjeprosjekt, og i det etterføljande vert tre prosjekt kort omtalte.
Prosjektet Riksarkivet Fjellmagasin har til føremål å sikre ei utviding av magasinkapasiteten for arkivmateriale. Magasina vert bygde i fjellhallar ved administrasjonsbygningen på Kringsjå i Oslo. Prosjektet har ei styringsramme på 182 mill. kroner. Anlegget skal takast i bruk første halvår i 2009.
Fauske fengsel er eit prosjekt som har til føremål å byggje ei open soningsavdeling med 18 rom. Oppdragsgivar er Kriminalomsorga region nord. Prosjektet starta opp i 2007 og vert sluttført i 2009. Prosjektet har ei styringsramme på 31,9 mill. kroner og sluttinvesteringa i 2009 er på 6,5 mill. kroner.
Statsbygg har fått i oppdrag av Utanriksdepartementet å utvide og utvikle ambassaden i New Dehli. Det er eit ønske å gjere ambassaden til ein «grøn» ambassade. Arkitekt er vald og skisseprosjektet skal vere ferdig hausten 2008. Styringsramma for prosjektet er på 20 mill. kroner og venta ferdigstilling er medio 2010.
Post 45 Større utstyrsinnkjøp og vedlikehald, kan overførast
Løyvinga skal dekkje kostnader til mindre ombyggingar, utvidingar, brukartilpassingar og installering av tekniske anlegg av investeringsmessig karakter på alle eigedomar som Statsbygg forvaltar.
Post 49 Kjøp av eigedomar, kan overførast
Løyvinga vert nytta til kjøp av eigedomar og tomter i tilknyting til aktuelle byggjeprosjekt.
Tabell 2.5 Statsbyggs balanse
Rekneskap 2006 | Rekneskap 2007 | Overslag 2008 | Overslag 2009 | |
---|---|---|---|---|
Eigedelar: | ||||
Omløpsmidlar | 417 243 | 510 580 | 463 912 | 487 246 |
Sum omløpsmidlar | 417 243 | 510 580 | 463 912 | 487 246 |
Inntektsgivande eigedomar: | ||||
Bygg under arbeid | 1 023761 | 1 298 159 | 1 455 834 | 1 950 321 |
Ferdigstilte bygg/eigedomar | 18 846 509 | 19 140 741 | 20 018 440 | 27 013 912 |
Sum inntektsgivande eigedomar | 19 870 270 | 20 438 900 | 21 474 274 | 28 964 233 |
Ikkje-inntektsgivande eigedomar: | ||||
Bygg under arbeid | 63 837 | 39 869 | 39 869 | 39 869 |
Ferdigstilte bygg/eigedomar | 83 630 | 83 630 | 83 630 | 83 630 |
Obligasjonar/leigebuarinnskot | 30 865 | 30 865 | 30 865 | 30 865 |
Sum ikkje-inntektsgivande eigedomar | 178 332 | 154 364 | 154 364 | 154 364 |
Inventar og utstyr | 24 778 | 32 052 | 41 117 | 37 634 |
Sum anleggsmidlar | 20 073 380 | 20 625 316 | 21 669 755 | 29 156 231 |
Sum eigedelar | 20 490 623 | 21 135 896 | 22 133 667 | 29 643 477 |
Gjeld og eigenkapital: | ||||
Kortsiktig gjeld | 175 360 | 206 980 | 206 980 | 206 980 |
Renteberande gjeld staten | 1 132 653 | 822 122 | 947 710 | 1 456 884 |
Ikkje renteberande gjeld staten | 260 889 | 253 206 | 253 206 | 253 206 |
Sum langsiktig gjeld | 1 393 542 | 1 075 328 | 1 200 916 | 1 710 090 |
Reguleringsfond | 241 884 | 303 600 | 195 985 | 161 237 |
Eigenkapital elles | 18 679 837 | 19 549 988 | 20 529 786 | 27 565 170 |
Sum eigenkapital | 18 921 721 | 19 853 588 | 20 725 771 | 27 726 407 |
Sum gjeld og eigenkapital | 20 490 623 | 21 135 896 | 22 133 667 | 29 643 477 |
Auken i Statsbygg sin balanse for 2009 skuldast ferdigstilte prosjekt og at fengselsbygningane vert innlemma. Fengselsbygningane vert førde inn i balansen med ein verdi på 5,1 mrd. kroner.
Kap. 5445 Statsbygg
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2007 | Saldert budsjett 2008 | Forslag 2009 |
30 | Sal av eigedom | 117 686 | ||
39 | Avsetning til investeringsformål | 923 676 | 900 000 | 900 000 |
Sum kap. 5445 | 1 041 362 | 900 000 | 900 000 |
Post 39 Avsetning til investeringsformål
Under denne posten er det ført avsetningar til investeringsføremål til inntekt i statsrekneskapen, jf. omtale under kap. 2445 post 24, underpost 24.5.
Kap. 5446 Sal av eigedom, Fornebu
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2007 | Saldert budsjett 2008 | Forslag 2009 |
40 | Salsinntekter, Fornebu | 108 847 | 23 600 | |
Sum kap. 5446 | 108 847 | 23 600 |
Post 40 Salsinntekter, Fornebu
Alle kjøparar av eigedom på Fornebu skal vere med å betale for utbygginga av infrastruktur etter ein bestemt fordelingsnøkkel. Inntekter under denne posten vil i 2009 omfatte innbetalingar i samband med infrastrukturbidrag frå tidlegare sal av eigedomar.