St.prp. nr. 1 (2008–2009)

FOR BUDSJETTÅRET 2009 — Utgiftskapittel: 1–2, 1500–1582, 2445 og 2470 Inntektskapittel: 4510–4581, 5445–5446, 5470 og 5607

Til innholdsfortegnelse

Del 3
Orienteringar

3 Omtale av særlege emne

Oppmodingsvedtak nr. 247

«Stortinget ber Regjeringen legge til rette for å øke takten i bredbåndsutbyggingen slik at målet om bredbånd til alle husstander, bedrifter og offentlege institusjoner kan nås i løpet av 2007. Regjeringen bes kommentere status for framdrift i budsjettene.»

Konsulentselskapet Teleplan har på oppdrag frå Fornyings- og administrasjonsdepartementet oppdatert status og prognosar for breibandsutviklinga i Noreg per 31.03.2008. Det er henta inn informasjon frå alle utbyggjarar/tilbydarar som har eigen infrastruktur for breiband. Det er òg henta inn informasjon om dekning og breibandsutbygging frå Høykom-sekretariatet og ansvarlege for forvaltning av statlege midlar knytte til breibandsutbygging i fylke og kommunar. Undersøkinga gir estimat for breibandsdekninga i alle norske kommunar per 31.03.2008 og 31.12.2008. I tillegg gir undersøkinga estimat for kor mange aksessar som er bygde og vil bli bygde med utgangspunkt i dei statlege breibandsløyvingane i perioden 2006–2007.

Teleplan har i undersøkinga definert breiband som kapasitetar over 640 kbit/s. Kapasitetsgrensa er Teleplan si tolking av den bruksorienterte breibandsdefinisjonen Stortinget vedtok i samband med handsaming av breibandsmeldinga (St.meld. nr. 49 (2002–2003) Breiband for kunnskap og vekst). Denne definisjonen stiller krav til høve til å overføre levande bilete, og Teleplan har lagt til grunn den kapasiteten som trengst for å overføre direkte sendingar frå Stortinget – 640 kbit/s.

Rapporten frå Teleplan viser at 99,6 pst. av husstandane i Noreg hadde tilgang til breiband i mars 2008. Dette talet inkluderer òg mobilt breiband. Mobilt breiband gir per i dag ikkje garantert breibandskapasitet etter Teleplan sin definisjon, men som for andre breibandsteknologiar skjer det ei kontinuerleg teknologiutvikling som ifølgje Teleplan vil gi betre kapasitet over tid. Undersøkinga viser òg at 97,8 pst. av husstandane per mars 2008 hadde fast breibandsaksess. I følgje rapporten vil 99,8 pst. av husstandane ha eit breibandstilbod, fast eller mobilt, per 31.12.2008. Talet for faste breibandstilknytingar per 31.12.2008 er estimert til 98,8 pst.

Totalt er det i perioden 2006–2007 løyvt om lag 374 mill. kroner i statleg stønad til breibandsinfrastruktur. I tillegg kjem omfattande eigenfinansiering frå fylke, kommunar og utbyggjarar/tilbydarar. Rapporten viser at det med desse midlane totalt vil bli bygd om lag 96 000 breibandsaksessar til ein total prosjektkostnad av om lag 850 mill. kroner. Dette utgjer om lag 4,7 pst. av husstandane i Noreg. Tabellen under syner korleis desse breibandsaksessane fordeler seg på fylke.

Rapporten inkluderer ikkje effekten av løyvinga til breibandsutbygging over Kommunal- og regionaldepartementet og Fornyings- og administrasjonsdepartementet sine budsjett for 2008 ettersom desse midlane truleg ikkje vil få effekt før i 2009. Til saman 188 mill. kroner er her øyremerkte breibandsutbygging, noko som vil utløyse ein minst like stor sum frå lokale styresmakter og næringsliv.

Fylke

Antall bredbåndsaksesser, realisert og planlagt realisert, knyttet til prosjekter delfinansiert av bevilgninger fra Høykom/FAD og KRD

Prosentandel husstander, realisert og planlagt realisert, knyttet til prosjekter delfinansiert av bevilgninger fra Høykom/FAD og KRD

Akershus

0

0 %

Aust-Agder

3 400

8 %

Buskerud

5 300

5 %

Finnmark

4 700

15 %

Hedmark

11 950

14 %

Hordaland

5 300

3 %

Møre- og Romsdal

7 000

7 %

Nordland

7 900

8 %

Nord-Trøndelag

4 350

8 %

Oppland

2 200

3 %

Oslo

0

0

Rogaland

6 200

4 %

Sogn- og Fjordane

3 650

9 %

Sør-Trøndelag

2 550

2 %

Telemark

15 800

21 %

Troms

4 800

7 %

Vest Agder

4 400

6 %

Vestfold

0

0 %

Østfold

6 600

6%

Totalt

96 100

4,7 %

Kilde: Breibandsaksessar som vil bli realiserte med basis i løyvingar frå staten i 2006–2007 (Kjelde: Teleplan)

Undersøkinga frå Teleplan estimerer at ved utgangen av 2008 kan 94,1 pst. av husstandane få breiband via ADSL, 45 pst. via kabel-TV, 15,1 pst. via fiber, 30,5 pst. via fast radioaksess og 92,3 pst. via mobilt breiband.

Breibandspenetrasjonen (faktiske tilknytingar) i privatmarknaden var i første kvartal 2008 1 364 000 abonnentar eller om lag 65 pst. av husstandane (kjelde: Statistisk Sentralbyrå). Sidan fleire kan dele ei tilknyting, og ein del tilknytingar til husstandar kan vere registrerte på firma, slik at dei ikkje inngår i desse tala, er det reelle talet truleg høgare.

Tabellen under viser estimert breibandsdekning per fylke per 30.06.07, 31.03.08 og 31.12.2008.

Bredbåndsdekning 30.06.2007

Bredbåndsdekning 31.03.2008

Bredbåndsdekning 31.12.2008

Ved fast aksess

Inkl. mobilt bredbånd

Ved fast aksess

Inkl. mobilt bredbånd

Ved fast aksess

Inkl. mobilt bredbånd

Akershus

96 %

99 %

97,9 %

≈100,0 %

98,4 %

≈100,0 %

Aust–Agder

96 %

>99,5 %

97,8 %

≈100,0 %

≈100,0 %

≈100,0 %

Buskerud

93 %

97 %

95,3 %

99,2 %

98,4 %

≈100,0 %

Finnmark

90 %

95 %

98,6 %

≈100,0 %

99,1 %

≈100,0 %

Hedmark

94 %

98 %

96,1 %

≈100,0 %

98,5 %

≈100,0 %

Hordaland

96 %

98 %

97,2 %

99,4 %

98,4 %

≈100,0 %

Møre- og Romsdal

97 %

98 %

99,0 %

≈100,0 %

99,3 %

≈100,0 %

Nordland

91 %

96 %

95,2 %

98,8 %

96,5 %

99,2 %

Nord-Trøndelag

94 %

97 %

97,5 %

99,5 %

98,5 %

≈100,0 %

Oppland

93 %

98 %

95,6 %

99,4 %

97,9 %

≈100,0 %

Oslo

99 %

≈100,0 %

≈100,0 %

≈100,0 %

≈100,0 %

≈100,0 %

Rogaland

98 %

99 %

99,2 %

≈100,0 %

≈100,0 %

≈100,0 %

Sogn- og Fjordane

95 %

97 %

96,0 %

98,6 %

97,6 %

99,1 %

Sør-Trøndelag

96 %

98 %

98,8 %

≈100,0 %

99,4 %

≈100,0 %

Telemark

91 %

98 %

96,2 %

99,0 %

99,1 %

≈100,0 %

Troms

91 %

94 %

96,4 %

98,2 %

97,9 %

99,0 %

Vest Agder

96 %

99 %

97,4 %

≈100,0 %

≈100,0 %

≈100,0 %

Vestfold

98 %

>99,5 %

98,9 %

≈100,0 %

99,0 %

≈100,0 %

Østfold

96 %

>99,5 %

98,5 %

≈100,0 %

98,6 %

≈100,0 %

Norge totalt

95,5 %

98,3 %

97,8 %

99,6 %

98,8 %

99,8 %

Kilde: Estimert fylkesvis dekning for breiband blant husstandar i prosent av totalt tal husstandar (Kjelde: Teleplan)

Sektorovergripande miljøvernpolitikk

Servicesenteret for departementa

Servicesenteret for departementa innførte i 2005 eit system for miljøstyring, og systemet er under kontinuerleg utvikling. Føremålet med utviklingsarbeidet er å betre miljøstyringa internt i verksemda, kvalitetssikre miljødata og gi støtte til miljøstyringa i departementa.

I Servicesenteret for departementa sin handlingsplan for perioden 2008–2010, er det sett som mål at verksemda skal ha minst mogleg miljøpåverknad. For å støtte opp under dette, vil verksemda satse på følgjande miljøtiltak:

  • auka satsing på elektronisk web-kommunikasjon og sakshandsaming framfor fysisk distribusjon av informasjon

  • auka bruk av videokonferansar

  • betre kjeldesortering

Det er eit generelt mål for Servicesenteret for departementa å redusere papirbruken i departementsfellesskapet. For å få til dette vil verksemda stimulere til auka elektronisk publisering av regjeringas publikasjonar, «trykk etter behov» i staden for publikasjonslager, i tillegg til å satse på elektronisk sakshandsaming gjennom utviklingsarbeidet knytt til Depsak. Verksemda vil òg fokusere på kopipapirbruken ved å foreslå endra praksis når det gjeld utskrifter.

Servicesenteret for departementa vil tilby departementsfellesskapet informasjon om sitt eige videokonferansetilbod, og styrkje innsatsen knytt til opplæring i bruken av desse systema. Elles vil ei vidareutvikling av systemet for møteromsreservasjon gjere det enklare å få inn videokonferansar som ein naturleg del av møteverksemda i departementa.

I forhold til kjeldesortering vil verksemda arbeide for å vidareutvikle returpunkta og søkje å få fleire fraksjonar kjeldesorterte nærare brukarane i departementa.

Servicesenteret for departementa vil i løpet av 2008 ha vidareutvikla systemet for miljøleiing, slik at det vert integrert i det resterande HMS-arbeidet i verksemda.

Statsbygg

Statsbygg arbeider aktivt med miljøspørsmål både som byggherre, eigedomsforvaltar, eigedomsutviklar og rådgivar. Dette gjer at Statsbygg møter miljøutfordringar på mange område i eiga verksemd og i samarbeid med andre aktørar mellom anna byggjenæringa.

Viktige miljøutfordringar

Farlege stoff

Bygg- og anleggsnæringa nyttar rundt 50 000 ulike produkt og 19 pst. av desse er klassifiserte som helse- og miljøskadelege. Styresmaktene har prioritert å redusere eller fase ut bruken av eit utval av desse stoffa.

Energiforbruk

Oppføring av nybygg er ei viktig årsak til auka energibruk i Noreg. Det er utfordringar knytte til utforming og tekniske løysingar for nye bygg, og til energieffektivisering av eksisterande bygningsmasse. Bruk av fossilt brennstoff som energikjelde for oppvarming i offentlege bygg har ein klimapåverknad.

Material- og ressursforbruk

Byggjenæringa bruker store mengder byggjematerialar og er årleg opphav til over 1,5 mill. tonn byggavfall, eller om lag 15 pst. av dei totale avfallsmengdene i Noreg. Byggavfallet er svært ulikt samansett, noko av dette har ei klart uheldig miljøbelastning om det ikkje vert teke hand om på ein riktig måte. Det beste tiltaket for å redusere avfallsmengdene er å hindre at avfall oppstår. Det kan bli gjort gjennom betre planlegging og prosjektering, betre utføring av arbeid på byggjeplass, betre lagring og organisering av byggjevarer på byggjeplass, o.a.

Frå 01.01.2008 er det krav om minst 60 pst. kjeldesortering ved nybygg og rehabilitering av eldre bygg. Statsbygg har hatt dette som eit internt mål i fleire år, og har også nådd dette målet. Dei tyngste avfallskomponentane er betong, tegl, tre og metall.

Store mengder materialar vert skifta ut etter kort tid som følgje av vass- og fuktskadar. Byggjekostnadsprogrammet har vurdert at fukt- og vassrelaterte byggjeskadar årleg kostar 12-15 mrd. kroner. Byggjematerialar med rett kvalitet og innslag av resirkulerte materialar er viktige element for å få ned ressursbruken i byggjenæringa.

Klimaendring

Noreg skal redusere utslepp av klimagassar. Undersøkingar viser at bygg- og anleggsnæringa står for 13,5 pst. av klimapåverknaden i landet, under føresetnad av at ein ikkje reknar utslepp på bruk av elektrisk straum. Om lag. 7 pst. av klimagassutsleppa i Noreg kjem frå produksjonen av byggjematerialar. Om lag 4 pst. av klimagassutsleppa kjem frå drift av bygg. Mange offentlege bygg nyttar olje som oppvarmingskjelde. Utbygging av fjernvarme og betre marknadsvilkår for bruk av varmepumper og biobrenselanlegg vil gjere det mogleg å redusere desse utsleppa. Heile 40 pst. av Noregs el-forbruk går til drift av bygningar.

Oppføring av nybygg er ei viktig årsak til auka energibruk i Noreg. Det er utfordringar knytte til utforming og tekniske løysingar for nye bygg, og til energieffektivisering av eksisterande bygningsmasse. Trass i stort fokus på energibruk i både offentlege og private bygg dei siste 20-30 åra, har utviklinga i hovudsak gått i retning av auka energibruk per kvadratmeter.

Målsetjingar

For perioden 2005–2009 har Statsbygg følgjande mål:

  • avgrense miljøbelasting ved val av produkt og materiale

  • redusere miljøbelastinga som følgje av avfallsproduksjon og -handtering

  • redusere energibehov og energibruk i bygg

  • implementere eit miljøstyringssystem som er sertifisert etter NS-EN ISO 14001

Resultat i 2007 i høve til fastsette miljømål

Dei fleste av miljømåla til Statsbygg som gjeld for perioden 2005–2009, ser ut til å bli nådde.

Det er utarbeidd ein miljørekneskap for Statsbygg for 2007. Leiinga gjennomfører ei vurdering av dei oppnådde resultata kvart år og tilpassar om det trengst tiltak, mål og styringssystem. Hovudresultata så langt i målperioden er:

FoU- satsing

Statsbygg si FOU-satsing var i 2007 på om lag 15 mill. kroner. Om lag 14 pst. av desse midlane var øyremerkt prosjekt som kan vere til hjelp for ei berekraftig utvikling innan byggje-, anleggs- og eigedomsnæringa.

  • innan miljø har Statsbygg prioritert klimautfordringa. Satsinga i 2007 var knytt til avslutning og bruk av resultatet frå eit toårig FOU-prosjekt, «Klimagassrekneskap for utbyggingsprosjekt. Utvikling av verktøy for utrekning og eksempel på eit klimarekneskap for del av Fornebu»

  • i 2007 har også FoU-prosjektet «klimatilpassing av bygg» blitt fullført. Målet med prosjektet var å vidareutvikle utvalde typar av konstruksjonar og bygningsdetaljar, for å optimalisere design som toler klimaendringar. Resultata frå programmet er sentrale i den vidare utviklinga av kvalitetsnorma i Byggforskserien (utgitt av Sintef Byggforsk), som er det mest brukte kunnskapssystemet i byggjenæringa

Kompetanseheving

Det er gjennomført omfattande opplæringstiltak i organisasjonen for å auke kompetansen rundt alle tema i miljømåla.

Avgrensing av miljøbelasting ved val av produkt og materiale

  • Statsbygg sine standardkontraktar set no krav til å unngå bruk av farlege stoff som er oppførde på styresmaktene si obs-liste. Det skal rapporterast til Statsbygg dersom leverandørar ønskjer å nytte slike stoff

  • Statsbygg har innført forbod mot bruk av tropisk trevirke i bygg og på byggjeplassar for å redusere faren for bruk av trevirke frå regnskog. Resultata frå 2007 viser at dette kravet vert etterlevd

Redusere miljøbelastinga som følgje av avfallsproduksjon og -handtering

  • det er utvikla eigne prosjekteringsrettleiingar for riveoppdrag. Desse rettleiingane vert nytta i alle relevante prosjekt

  • det er innført krav til kjeldesortering, avfallsmengder og kvartalsvise avfallsrekneskapar i alle byggjeprosjekta. Resultat frå 2007 viser at ein ligg godt an i høve til målsetjinga om 60 pst. kjeldesortering

Redusere energibehov og energibruk i bygg

Statsbygg har gjort vedtak om å ta i bruk ny teknisk forskrift som kom i 2007 før overgangsperioden til juli 2009 er over. Det er også vedteke å bruke tiltaksmetoden i forskrifta som basis for energikrav. Det er innført krav om energimål for alle nye byggjeprosjekt. I snitt ligg måla på 180 kwh/m2. Statsbygg har lagt desse krava til grunn i sin miljøhandlingsplan. Statsbygg har også eit resultatkrav for energibruk i heile eigedomsmassen, jf. omtalen under programkategori 01.80 Statsbygg. Energibruken skal vere maksimalt 210 kwh/m2. Energiforbruket var i 2007 om lag 202,9 kwh/m2, som er lågare enn resultatkravet.

Innføre miljøstyringssystem

Statsbygg er miljøsertifisert etter miljøstandarden ISO 14001 og arbeider kontinuerleg med oppfølging av miljømåla, interne miljørevisjonar, kompetanseoppbygging og ikkje minst med vidareutvikling av prosedyrar, miljøkrav i kontraktar og rapporteringsmalar.

Aktuelle miljøtiltak på kort og lang sikt

I 2009 er følgjande tiltak planlagde:

  • styrking av miljøkompetansen internt i organisasjonen, hos eksterne samarbeidspartnarar og leigetakarar. Miljøkompetanse i Statsbygg sin eigen organisasjon er viktig, men Statsbygg er òg avhengig av miljøkompetansen i bransjen og hos leverandørar. Utvikling av miljøkompetanse i bransjen er derfor eit fokusområde

  • vidareutvikle og vedlikehalde miljøstyringssystemet

  • medverke til berekraftig utvikling

  • utarbeide og realisere klimastrategi og klimamål for Statsbygg

  • vidareutvikle systematikk i høve til miljøvern ved innkjøp av varer og tenester i statlege bygg

  • vidareutvikle miljøomsyn i kontraktrutinar

Grøn stat

Fornyings- og administrasjonsdepartementet legg vekt på at alle underliggjande etatar innarbeider system for miljøleiing i verksemda og at etatar som gjennom sin aktivitet har vesentleg miljøpåverknad, vert tredjeparts miljøsertifiserte. Per 2008 er Statsbygg og Fylkesmannen i Sør Trøndelag sertifiserte etter ISO 140001 standarden.

Statsbygg

Statsbygg har innført miljøleiing som ein integrert del av styringssystema i organisasjonen. Prinsippa i miljøstandarden ISO 14001 er nytta som basis for miljøleiingssystemet. Denne standarden krev at organisasjonen gjennomfører ei kartlegging av dei viktigaste miljøpåverknadene og set seg miljømål for å forbetre desse. Vidare krev standarden at organisasjonen vurderer arbeids- og innkjøpsprosedyrane for å sikre viktige miljøomsyn. Statsbygg vil framover ha fokus på å vidareutvikle og vedlikehalde miljøleiingssystemet.

Direktoratet for forvaltning og IKT

Direktoratet for forvaltning og IKT har ansvar for å leggje til rette for utvikling av innkjøpsnettverk i offentleg sektor. Dette skal skje i samarbeid med brukarane og skal styrkje eit heilskapleg nettbasert informasjons- og kommunikasjonstilbod for offentlege innkjøp.

Direktoratet for forvaltning og IKT har vidare ansvar for å setje i verk regjeringa sin politikk på området miljøansvar ved offentlege innkjøp og miljøleiingssystem. I dette arbeidet er det lagt opp til at fylkesmennene rundt om i landet skal ta initiativ til å etablere innkjøpsnettverk. I samband med dette skal det mellom anna givast opplæring i bruk av dei nye kriteria for miljøomsyn ved offentlege innkjøp.

Fylkesmennene

Alle fylkesmennene har innarbeidd system for miljøleiing i verksemda og vidareutviklar arbeidet i samsvar med sentrale retningslinjer.

Konkurransetilsynet

Konkurransetilsynet har innført miljøleiing i verksemda og rapporterer årleg på målområda avfall, transport, energi og innkjøp. Tilsynet har i tillegg etablert ein god infrastruktur for bruk av videokonferanse og har innarbeidd denne arbeidsforma i verksemda si.

Statens pensjonskasse

Statens pensjonskasse er ei rein kontorbasert verksemd, der aktiviteten i liten grad skaper miljømessig risiko. Statens pensjonskasse har likevel gjennomført fleire mindre tiltak på miljøsida, spesielt knytte til avfallshandtering og energiøkonomisering:

  • det er etablert ordningar for forskriftsmessig gjenvinning av PC'ar og elektronisk materiell i tillegg til returpapir

  • avfall som inneheld skadelege stoff (mellom anna PCB i lysrøyr) vert deponert på forskriftsmessig måte

  • det vert kravd at innkjøp knytte til reinhald, papir o.a. skal vere miljømerkte

  • det er etablert døgnstyring på energikrevjande system, som ventilasjon, oppvarming og PC-ar o.a.

Det er gjort justeringar av talet på lyspunkt, slik at straumforbruket vert lågare, mellom anna vert det ikkje nytta utvendig flombelysning

Oppfølging av § 1a i likestillingslova

Nedanfor følgjer ein omtale av arbeidet med likestilling i staten, likestilling internt i departementet og likestilling i Fornyings- og administrasjonsdepartementets underliggjande etatar.

Likestilling i staten

Likestilling mellom kvinner og menn i det statlege tariffområdet

Fornyings- og administrasjonsdepartementet er overordna arbeidsgivar og tariffpart i det statlege tariffområdet. Departementet har som overordna statleg arbeidsgivar eit særleg ansvar for å leggje til rette for at den statlege personalpolitikken fører til likestilling mellom kjønna. Det at arbeidslivet legg til rette for at alle får høve til å utfalde seg, er ein viktig føresetnad for likestilling mellom kvinner og menn.

Likestillingstiltaka innan det statlege området har dei siste åra særleg vore retta mot å fremje likelønn mellom kvinner og menn, og mot målet om 40 pst. representasjon av begge kjønn i leiande stillingar i staten.

Likelønn i staten

Når det gjeld lønn og kjønn, syner tal frå Statens Sentrale Tenestemannsregister (SST) for perioden 01.10.2003 til 01.10.2007 at kvinner har hatt ein høgare vekst enn menn i gjennomsnittleg inntening i månaden. I same periode har kvinnene auka sin del av utførte årsverk frå 42,7 pst. til 46,1 pst. Dette skuldast strukturelle endringar i det statlege tariffområdet.

Tabell 3.1 Tal årsverk og gjennomsnittleg månadsforteneste per årsverk 01.10.2003–01.10.2007

Tal årsverk

Endring

2003–2007

Gjennomsnittleg mnd.forteneste per årsverk

Endring

2003–2007

01.10.2003

01.10.2007

01.10.2003

01.10.2007

Alle

115 679

123 439

6,7%

27 388

32 382

18,2%

Kvinner

49 386

56 960

15,3%

25 395

30 639

20,6%

Menn

66 294

66 478

0,3%

28 873

33 880

17,3%

Det statlege tariffområdet er den sektoren som har minst skilnad i lønn mellom kvinner og menn. Nokre delar av andre sektorar har mindre skilnad, men her er kvinnedelen av samla tal tilsette høgare. Rapport frå Teknisk berekningsutval av 04.04.2008 syner at kvinner har ei gjennomsnittleg årslønn på 91,4 pst. av det menn har. Berekningane byggjer på heiltidstilsette/heiltidsekvivalentar.

I hovudtariffoppgjeret for 2008–2010 vart dei sentrale partane i staten einige om å leggje større tyngd på likelønnsutfordringane i samanheng med den lokale lønnsdanninga i tariffområdet. Dette vart gjort i samband med at Likelønnskommisjonen la fram sin rapport (NOU 2008:6 Kjønn og lønn. Fakta, analyser og virkemidler for likelønn). Hovudtariffavtalen har mellom anna denne ordlyden: «den lokale lønnspolitikken utformes slik at likelønn, midlertidige ansatte og ansatte i permisjon skal ivaretas».

I samband med dei lokale forhandlingane skal kvinner ha ein større del av potten enn ei pro rata fordeling vil måtte gi. I forhandlingane bør det leggjast særleg vekt på å vurdere tilhøvet mellom innplassering av kvinner og menn i/og mellom stillingskodar ut frå tilsvarande kvalifikasjonar, oppgåver og ansvar. I tillegg skal arbeidstakarar som har permisjon med løn, kome inn under forhandlingane, og skal vurderast med omsyn til løn. Arbeidstakarar som før verknadstidspunktet har teke til att i tenesta etter foreldrepermisjon utan løn, jf. arbeidsmiljølova § 12–5, eller omsorgspermisjon utan løn, jf fellesføresegnene § 20 nr. 6, skal vurderast med omsyn til lønn.

Nytt i den nye hovudtariffavtalen er òg at verksemdene skal ta sjølvstendig ansvar med å rette opp forskjell i løn som har samanhang med kjønn, slik at der dokumenterte lønsskilnader ikkje kan forklarast med anna enn kjønn, skal arbeidsgivaren i samråd med dei tillitsvalde rette opp lønsskilnadene i medhald av likestillingslova § 5.

Innrettinga på oppgjeret gav og ein god kvinneprofil, mellom anna vart grupper på lønsrammer og justering av dei lågaste lønstrinn på alle direkte plasserte stillingar tilgodesett.

Kvinner til leiarstillingar

I det statlege tariffområdet har kvinnedelen samla sett vore aukande frå 2001 til 2007, frå 29 pst. i 2001 til 37 pst. ved utgangen av 2007. Det totale talet på kvinner har hatt ein svak auke. Kjønnsfordelinga i statleg sektor sett under eitt er tilfredstillande og utviklinga er positiv frå eit likestillingsperspektiv. Det har difor ikkje vore naudsynt å gjere noko for å auke delen av kvinner i statleg forvaltning generelt. Nokre statlege etatar kan likevel ha utfordringar i høve til ei god fordeling mellom kjønna, og tiltak må difor skje på den einskilde arbeidsplass.

Ulike regjeringar har sett det som lite tilfredstillande at kvinnedelen i leiande stillingar i statleg sektor har vore for låg. Det har sidan 2001 vore en auke i kvinner i leiande stillinger i staten, og det vert arbeidd vidare for å auke prosentandelen. Ved utgangen av 2007 var 37 pst. av dei om lag 10 000 leiarane i staten kvinner. I toppleiarstillingane er kjønnsfordelinga dårlegare. Av dei om lag 300 toppleiarane med leiarlønnskontrakt i staten var 27 pst. kvinner ved utgangen av 2007. Innsatsen dei siste åra har derfor særlig vore retta mot å auke kvinnedelen i desse viktige stillingane.

Tabell 3.2 Prosentdelen kvinner og menn i alle leiarstillingar og toppleiarstillingar i statleg sektor 2004–2007

Leiargrupper

Kjønn

1.1.04

1.1.05

1.1.06

1.1.07

Alle leiarar i staten

Kvinner34363738

Menn

66646362

Toppleiarar

Kvinner

23252727

Menn

77757373

Kilde: Statens sentrale tenestemannsregister

Likestilling internt i Fornyings- og administrasjonsdepartementet

Departementet tilstrevar likestilling gjennom rekrutterings- og lønspolitikk, kompetanseutvikling, og i form av fleksibilitet og tilrettelegging av arbeidssituasjonen.

Per 31.12.2007 var det 221 tilsette, 122 menn og 99 kvinner. I løpet av 2007 vart det tilsett 20 medarbeidarar i faste stillingar, av desse 7 kvinner og 13 menn. Kjønnsfordelinga innåt i dei ulike avdelingane varierer og har eksempelvis ein prosentdel kvinner frå 22,2 pst. til 60 pst.

Kjønn fordelt på ulike stillingskategoriar

Departementet har ei overvekt av menn i dei øvste stillingsgruppene. I toppleiargruppa og blant leiarar på mellomleiarnivå var det per 31.12.2007 høvesvis 62,5 pst. og 77,2 pst. menn. Det var sameleis ei overvekt av menn i gruppa av seniorrådgivarar, mens kjønnsfordelinga i gruppa av rådgivarar var relativt jamn. Det var vidare ei klår overvekt av kvinner i dei lågaste stillingsgruppene.

Løn

Per 31.12.2007 var gjennomsnittsløna for menn 8,4 lønstrinn høgare enn gjennomsnittsløna for kvinner. Forskjellen i gjennomsnittsløn kan i hovudsak forklarast med ei hovudvekt av menn i dei øvste stillingskategoriane og høgare gjennomsnittsalder for menn. Innåt i dei ulike stillingskategoriane der begge kjønn var representerte, hadde menn høgare gjennomsnittsløn i gruppa av seniorrådgivarar og konsulentar og kvinner høgare gjennomsnittsløn i gruppa av rådgivarar og førstekonsulentar.

Dei lokale lønsforhandlingane etter HTA pkt. 2.3.3 medførte lønsopprykk for 29 kvinner og 33 menn. Av dei totale lønsmidlane gjekk 58,3 pst. til kvinner. Det var fleire menn enn kvinner som fekk lønnsopprykk etter HTA pkt. 2.3.4. i 2007.

Deltaking i prosjekt og arbeidsgrupper

Fleire tilsette i departementet deltek i ulike interne, interdepartementale, nasjonale og internasjonale arbeidsgrupper og prosjekt. Den samla oversikta for 2007 viser ei overvekt av menn i slike arbeidsgrupper og prosjekt.

Overtid

Menn arbeidde meir overtid enn kvinner, både m.o.t. tal på overtidstimar og tal på medarbeidarar som arbeidde overtid.

Deltid

Ved utgangen av 2007 arbeidde 11 pst. av kvinnene og 4 pst. av mennene deltid.

Likestilling i politikkområda under Fornyings- og administrasjonsdepartementet

Nedanfor følgjer ei nærmare orientering om arbeidet med likestilling i enkelte av departementets underliggjande etatar.

Datatilsynet/personvernområdet

Personvern handlar om å verne om den personlege integriteten og privatlivet til det einskilde menneske, uavhengig av kjønn. Oppdraget til Datatilsynet er såleis kjønnsnøytralt. Datatilsynet sitt arbeid overfor dei enkelte verksemdene kan likevel ha større personvernverdi for det eine kjønnet enn det andre, fordi verksemdene enkeltvis rettar seg mest mot det eine kjønnet. Dette må Datatilsynet vere merksam på i sitt arbeid som dekkjer alle samfunnssektorar, slik at det ikkje oppstår utilsikta kjønnsforskjellar mellom menn og kvinner når det gjeld personvern.

Fylkesmannsembeta

Fylkesmannen arbeider innanfor ei rekkje fagområde som har stor relevans for kommunane sitt arbeid og i høve til tenesteyting til borgarane, til dømes innanfor landbruk, miljø, utdanning, helse og på barne- og familieområdet. Fylkesmannen arbeider aktivt og målretta for å fremje likestilling og påverke kommunane til det same på alle politikkområda.

Opplæringa av embeta når det gjeld aktivitetsplikta, vil bli følgd opp i 2009. Fylkesmannen stimulerer til lokalt omstillings- og fornyingsarbeid. Fylkesmennene sitt arbeid med omstilling og fornying vert sett i samband med arbeidet knytt til likestilling. Det må gjerast ei særskild vurdering innanfor dei spesifikke fagområda for å sjå om det trengst kjønnsspesifikke tiltak. Dette er delegert til fylkesmennene.

Statsbygg

Statsbygg er ein viktig bidragsytar innan statleg tenesteproduksjon og forvaltning, mellom anna gjennom rådgiving, byggherrearbeid, forvaltning av statleg eigedom, utviklingsprosjekt og arealplanlegging. Det er ei sentral utfordring å jamleg tilpasse eigedomsmassen til det brukarane treng, men ivaretaking av likestillingsomsyn er ikkje noka stor problemstilling. Det at eigedomar skal vere lagde til rette for begge kjønn, er sjølvsagt. Derimot rettar etaten no fokus mot ivaretaking av personar med nedsett funksjonsevne og universell utforming av dei bygga som Statsbygg byggjer og/eller forvaltar, og deltaking i prosjekt innan moderat kvotering av innvandrarar.

Statens pensjonskasse

Det er fleire aspekt knytte til kjønnsnøytralitet innanfor pensjon og forsikring. I hovudtrekk går det på to element; kostnader for arbeidsgivar og storleiken på ytinga for mottakar. For at ei ordning skal kunne kallast kjønnsnøytral må:

  • dei faste ytingane vere like for begge kjønn

  • arbeidsgivar betale lik premie uavhengig av kjønn.

Utfordringa ligg på risikoelementa. Kvinner lever lenger og har høgare risiko for å verte uføre. Dette fører til at krava til forsikringsmessig avsetning til alders- og uførepensjon er høgare for kvinner enn for menn. Når det gjeld etterlatnedekning er situasjonen motsett. Fordi kvinner lever lenger enn menn er kostnaden for etterlatnedekning for ein kvinneleg tilsett lågare enn for ein mannleg tilsett. Dette vert fanga opp forsikringsmessig gjennom bransjetariffen. Ut frå reelle erfaringsbaserte skilnader i risikoelementa mellom kvinner og menn, er det ein motsetnad mellom det å ha like faste ytingar for begge kjønn og det at arbeidsgivar skal betale lik premie uavhengig av kjønn. Skal premien vere lik må krava til dei forsikringsmessige avsetningane vere like. Kvinner vil i så fall få ei lågare fast yting, men over fleire år enn menn. Skal den faste ytinga vere lik, vert premien ulik.

Bruttoordninga i Statens Pensjonskasse er kjønnsnøytral for medlemene fordi den faste pensjonen er lik for kvinner og menn. Det same gjeld for netto ytingsbaserte pensjonar i marknaden elles. Når det gjeld kostnaden for arbeidsgivar er den ikkje kjønnsnøytral. For dei av Statens Pensjonskasse sine kundar som har fiktive fond vil den einskilde kunden kunne påverke premien gjennom å endre kjønnsfordelinga blant dei tilsette. Tilsvarande vil det vere for netto ytingsordningar i marknaden elles. For dei av Statens Pensjonskasse sine kundar som er ein del av eit premiefellesskap, vil ikkje kvar kunde sjølv kunne påverke kostnaden for si verksemd direkte, men for fellesskapet. Kjønnsnøytraliteten ligg i synleggjeringa av tala og kunden sitt høve til å påverke/diskriminere på grunnlag av kjønn. Dei reelle underliggjande skilnadene i levealder og uføreuttak er gjeldande og vert tekne omsyn til, men på eit aggregert nivå.

Nedanfor blir storleikar viste frå Statens Pensjonskasse sin statistikk for 2006, fordelte på kjønn.

Pensjonsart

Brutto utbetalt %

Mengda pensjonar

Mengda pensjonar %

Uførepensjon

Menn

8,8%

17 854

8,0%

Kvinner

13,1%

37 193

16,7%

Enkje/enkjemannspensjon

Menn

0,7%

5 700

2,6%

Kvinner

14,2%

40 196

18,1%

Annan pensjon

Menn

41,7%

66 598

29,9%

Kvinner

21,5%

55 029

24,7%

Sum

Menn

51,2%

90 152

40,5%

Kvinner

48,8%

132 418

59,5%

Totalt

100,0%

222 570

100,0%

Annan pensjon består av alderspensjon, avtalefesta pensjon, spesiell førtidspensjon og barnepensjon.

EFTA-domstolen krev i ein dom av 30. oktober 2007 at enkjer og enkjemenn etter medlem i Statens Pensjonskasse vert likestilte. Bakgrunnen for saka er ei endring i lov om Statens Pensjonskasse frå 1. oktober 1976. Då fekk enkjemenn rett til pensjon sjølv om dei var forsørgde av ektemakane. Det vart òg laga ein regel om reduksjon av pensjonane når gjenlevande har inntekt frå arbeid, eller har alders- eller uførepensjon. Reglane om reduksjon av pensjonane for inntekt vart ikkje gjort gjeldande for kvinner som er gifte med menn med medlemskap i pensjonsordninga før 1. oktober 1976. Disse fekk behalde ein rett til uredusert enkjepensjon. Alle enkjemenn vart omfatta av dei nye reglane, sidan rettane for menn vart styrkte. EFTA-domstolen meiner overgangsordinga for kvinnene strir mot EU sitt likestillingsdirektiv. Dommen gjeld pensjonsrettar opptente etter 1. januar 1994. Regjeringa er einig i dommen, og vil så snart som mogleg fremje eit lovforslag om saka.